2 Forslag under dei enkelte kapitla
Kap. 604 NAV-reform og pensjonsreform
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
45 | Større utstyrskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 762 928 | 1 067 336 | 1 067 336 | - |
Post 45 Større utstyrskaffingar og vedlikehald
Løyvinga for 2009 er 1 067,3 mill. kroner.
Under kap. 604 NAV-reform og pensjonsreform er det for dei tre siste åra ført til saman 150 mill. kroner til risikoavsetjing for IKT Basis, som gjeld etablering av infrastruktur på dei nye NAV-kontora. Det er usikkert hvor stort behov det vil være for å nytte risikoavsetjinga for IKT Basis, og dette blir ikkje endeleg avklart før i 2010 som følgje av at nokre NAV-kontor ikkje blir etablert i 2009.
På denne bakgrunn settes ikkje løyvinga ned nå, men midla vil bli vurdert overført til 2010.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
01 | Driftsutgifter | 8 853 844 | 9 111 673 | 9 099 155 | -12 518 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 48 005 | 30 516 | 24 379 | -6 137 |
70 | Tilskot til helse- og rehabiliteringstenester for sjukemeldte, kan overførast | 174 896 | 216 550 | 240 150 | +23 600 |
Sum endringar | +4 945 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2009 er 9 111,7 mill. kroner.
Forvaltningsansvaret for helserefusjonar blei overført frå Arbeids- og velferdsetaten til Helsedirektoratet 1. januar 2009. Arbeids- og velferdsetaten utfører i ein overgangsperiode oppgåver for Helsedirektoratet på området, mellom anna arbeid med ulike refusjonar og manuelle frikort for enkeltpersonar. I 2009 må det gjerast naudsynte endringar i løyvingar på områda til Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Ein del av endringane gjeldar overførsel av årsverk frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Helsedepartementet. I den forbindelse vil Arbeids- og inkluderingsdepartementet overføre eit mindre beløp til Fornyings- og administrasjonsdepartementet for dekning av auka pensjonspremie i Helse- og omsorgsdepartementet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 12,5 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga for 2009 er 30,5 mill. kroner.
Det er opphavlig avsett midlar til metodeutviklingsprosjekt innanfor arbeidsretta rehabilitering i 2009 under kap. 605, post 21. For at Arbeids- og velferdsetaten skal kunne følgje opp tiltaksmidlane gjennom sitt datasystem, er det naudsynt at 5,49 mill. kroner blir ført på kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar. Driftsmidlar til prosjektet blir framleis ført på kap. 605, post 21.
Det er i tillegg venta eit lite mindreforbruk på posten for 2009.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 21 med 6,1 mill. kroner
Post 70 Tilskot til helse- og rehabiliteringstenester for sjukemeldte, kan overførast
Løyvinga for 2009 er 216,6 mill. kroner.
Ansvaret for IA-midlar til kjøp av helsetenester for å motverke lettare psykiske og samansette lidingar blei overført frå Helse- og omsorgsdepartementet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet 1. januar 2009. I 2008 blei det utbetalt 23,6 mill. kroner mindre enn det som var sett av til formålet under kap. 726 Habilitering, rehabilitering og tiltak for rusmiddelavhengige, Post 71 Kjøp av opptrening og helsetenester.
Mindreforbruket frå 2008 er overført til 2009 på kap. 726, post 71. Det er difor naudsynt å overføre eit tilsvarande beløp frå løyvinga i inneverande år på kap. 726, post 71 til kap. 605, post 70.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 23,6 mill. kroner
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
21 | Evaluering, utviklingstiltak m.v, kan overførast . | 15 514 | 64 250 | 72 250 | +8 000 |
76 | Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast | 5 154 636 | 6 912 520 | 6 749 010 | -163 510 |
Sum endringar | -155 510 |
Post 21 Evaluering, utviklingstiltak m.v., kan overførast
Løyvinga for 2009 er 64,3 mill. kroner.
På grunn av auka søknadar i 2009 er det naudsynt å styrke ordningane med funksjonsassistent og arbeids- og utdanningsreiser.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 21 med 8 mill. kroner.
Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast
Løyvinga for 2009 er 6 912,5 mill. kroner.
Planlagt nivå for arbeidsmarknadstiltaka i 2009 er 75 000 plassar i gjennomsnitt på årsbasis. Så langt i 2009 er det sett i verk om lag 5 000 færre plassar enn planlagt. Lågare gjennomføring enn planlagt har mellom anna samanheng med lågare behov for utdanningstiltaket enn venta. Utdanning som arbeidsmarknadstiltak blei frå 2009 rammefinansiert under kap. 634, post 76, medan utdanning i tidlegare år har vore finansiert over ei overslagsløyving. Ein hadde difor noko dårleg grunnlag for å berekne tiltaksnivået knytt til utdanning under kap. 634. Røynsla i 2009 syner at behovet for utdanningstiltaket er noko lågare enn antatt, medan andre arbeidsmarknadstiltak har utgjort ein større del av den samla tiltaksgjennomføringa enn føresett.
Gjennomsnittleg månadspris for arbeidsmarknadstiltaka samla sett er betydelig høgare enn månadsprisen for utdanning. Gjennomsnittleg månadspris for alle tiltaka blir difor høgare enn føresett i opphavleg budsjett for 2009. Som følgje av endra føresetnader om gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak og gjennomsnittlege tiltaksprisar er det eit mindreforbruk på posten på om lag 209 mill. kroner.
Gjennomføring av færre arbeidsmarknadstiltak enn planlagt må og sjåast i samanheng med stort arbeidspress i Arbeids- og velferdsetaten mellom anna knytt til arbeid med søknader om ulike typar stønader. Arbeids- og velferdsetaten har vidare store utfordringar knytt til oppfølging av brukarar med nedsett arbeidsevne som er i ein kartleggingsfase for å få avklart behovet for eventuelle tiltak. Det vil ikkje være mogleg å hente inn avviket mellom planlagt og faktisk tiltaksnivå i 2009.
Det vil i 2009 vere behov for å nytte omdisponeringsfullmakta på 40 mill. kroner for å styrke Arbeids- og velferdsetatens løyving til drift, kap. 605, post 01.
Midlar til metodeutviklingsprosjekt innanfor arbeidsretta rehabilitering på 5,49 mill. kroner blir foreslått overført til kap. 634, post 76 frå kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 21 Særskilde driftsutgifter, jf. omtale under kap. 605, post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 76 med 163,5 mill. kroner.
Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
85 | Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak | 1 906 | 1 000 | 2 000 | +1 000 |
Post 85 Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak
Løyvinga for 2009 er 1 mill. kroner.
Inntekter under denne posten er innfordring av feilutbetalingar til tiltaksarrangørar og enkelte tiltaksdeltakarar.
Det er løyvd 1 mill. kroner under post 85 i 2009. Utviklinga så langt i 2009 tilseier at inntektene totalt vil vere 2 mill. kroner i 2009, det vil seie ein auke på 1 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga under post 85 blir auka med 1 mill. kroner til 2 mill. kroner.
Kap. 635 Venteløn
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
01 | Venteløn, overslagsløyving | 282 983 | 248 000 | 240 000 | -8 000 |
Post 01 Venteløn, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 248 mill. kroner.
Utviklinga så langt i 2009 tilseier at utgiftene til venteløn i 2009 vil vere 240 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 8 mill. kroner samanlikna med gjeldande løyving for 2009, som blei vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2009.
På bakgrunn av oppdaterte berekningar for 2009 gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å setje ned løyvinga under post 01 med 8 mill. kroner til 240 mill. kroner i 2009.
Kap. 3635 Venteløn
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
85 | Innfordra feilutbetaling av venteløn | 3 789 | 3 200 | 800 | -2 400 |
Post 85 Innfordra feilutbetaling av venteløn
Løyvinga for 2009 er 3,2 mill. kroner.
NAV Innkrevjing står for innfordring av feilutbetalingar av venteløn. Arbeids- og velferdsdirektoratet ventar no ei samla innkrevjing på om lag 800 000 kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga under post 85 med 2,4 mill. kroner til 800 000 kroner i 2009.
Kap. 643 Statens arbeidsmiljøinstitutt
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift(+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
50 | Statstilskot | 88 000 | 91 500 | 93 000 | +1 500 |
Post 50 Statstilskot
Løyvinga for 2009 er 91,5 mill. kroner.
Det syner naudsynt å auke tilskotet til Statens Arbeidsmiljøinstitutt i 2009 som følgje av nokre uventa kostnader.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga under post 50 blir auka med 1,5 mill. kroner i 2009.
Kap. 646 Pionerdykkarar i Nordsjøen
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot til Pionerdykkarane i Nordsjøen, overslagsløyving | 26 739 | 10 000 | 47 000 | +37 000 |
72 | Tilskot, kan overførast | 4 600 | 2 800 | 3 100 | +300 |
Sum endringar | +37 300 |
Post 70 Tilskot til Pionerdykkarane i Nordsjøen, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 10 mill. kroner.
Løyvinga på posten er på 10 mill. kroner for 2009. Bakgrunnen for løyvinga var at det pr. august 2008 var om lag 24 søknader om kompensasjon som ikkje var handsama. Desse var innkomne etter fristen, som var satt til 1. juli 2006, og det var forventa at berre eit mindretal av desse ville bli innvilga. Det blei også antatt at halvparten ville bli handsama i 2008 og resten i 2009.
I januar 2009 gjensto 14 av dei 24 sakene. I tillegg kom fire saker som tidlegare var avslått og ca. ni søknader om tilleggskompensasjon fordi uføregraden var auka. Samla sett er det i 2009 innvilga ti ordinære søknader om kompensasjon, det er gitt tilleggskompensasjon til ni søkjarar og fire søknader som tidlegare er avslått er innvilga kompensasjon.
Pr. september 2009 er alle søknader handsama, og anslag basert på vedtak mottatt frå Nemnd for pionerdykkere tilseier at dei samla utbetalingane for 2009 vil bli om lag 47 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet føreslår på denne bakgrunnen at løyvinga under post 70 blir auka med 37 mill. kroner.
Post 72 Tilskot, kan overførast
Løyvinga for 2009 er 2,8 mill. kroner.
Posten dekkjer tilskot til Stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkere. Stiftelsen drifter ein kontakttelefon for tidlegare nordsjødykkarar. Stiftelsen har vidare knytta til seg relevant kompetanse på gjeldsrådgjeving og anna rådgjeving for å kunne hjelpe nordsjødykkarane som er i ein vanskelig situasjon og deira pårørande. Dykkarkontakten har difor behov for ytterlegare midlar i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga under post 72 blir auka med 300 000 kroner som delvis kompensasjon for auka utgifter for kontakttelefonen i 2009.
Kap. 651 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
21 | Særskilde driftsutgifter, kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast | 31 592 | 19 000 | 19 500 | +500 |
60 | Integreringstilskot, kan overførast | 2 800 751 | 3 348 361 | 3 307 489 | -40 872 |
71 | Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd | 43 352 | 50 725 | 50 225 | -500 |
Sum endringar | -40 872 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast
Løyvinga for 2009 er 19 mill. kroner.
Løyvinga skal dekkje utgifter til kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling på integrerings- og inkluderingsområdet.
I samband med tiltak 23 i Handlingsplan mot tvangsekteskap blir det gjennomført eit treårig pilotprosjekt i Drammen kommune. 500 000 kroner til dette prosjektet blir foreslått overført frå kap. 651, post 71.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 21 med 500 0000 kroner mot å redusere løyvinga tilsvarande under post 71.
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Løyvinga er 3 348,4 mill. kroner i 2009.
Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.
Løyvinga som ble gitt i samband med Revidert nasjonalbudsjett er basert på at det blir busett 6 600 personar i 2009 (frå mottak og overføringsflyktningar). I tillegg er det lagt til grunn at kommunane tek i mot 1 650 familiesameinte. Talet på busette er venta å bli 6 000 personar. Talet på familiesameinte er framleis venta å bli 1 650. Dette er hovudårsaka til at løyvinga er venta å bli redusert i 2009.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 60 med 40,872 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
Løyvinga for 2009 er 50,7 mill. kroner.
Løyvinga kan nyttast til tilskot retta mot innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd.
Det er eit mindrebehov til støtte til frivillige organisasjonar som driv førebyggande og haldningsskapande arbeid mot tvangsekteskap. Det blir foreslått at mindreforbruket på 500 000 kroner blir nytta til eit prosjekt under tiltak 23 i Handlingsplan mot tvangsekteskap, sjå omtale under kap. 651, post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 500 000 kroner mot å auke løyvinga tilsvarande under post 21.
Kap. 3651 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
01 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter | 64 585 | 71 170 | 71 767 | +597 |
Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga er 71,2 mill. kroner i 2009.
Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Posten blei auka i samband med Revidert nasjonalbudsjett som følgje av auka i integreringstilskotet. Ved ein inkurie blei posten auka med eit for lågt beløp i samband med Revidert nasjonalbudsjett.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 597 000 kroner.
Kap. 653 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 527 460 | 1 512 340 | -15 120 | |
70 | Norskprøver for vaksne innvandrarar | 14 000 | 11 027 | -2 973 | |
Sum endringar | -18 173 |
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Løyvinga er 1 527,5 mill. kroner i 2009.
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Målet er at den enkelte lærer tilstrekkelig norsk til å fungera i yrkes- og samfunnslivet i løpet av dei fyrste fem åra i landet.
Løyvinga i vedteke budsjett for 2009 er basert på at 12 700 personar er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2009 og vil utløyse førsteårs tilskot. Talet på personar i målgruppa som vil utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli om lag 12 000 personar. I tillegg blir fleire tilskot utbetalt året etter ein person trer inn i målgruppa. Talet på personar i målgruppa som vil utløyse andreårs tilskot er redusert frå 11 200 personar til 9 400 personar. Dette er hovudårsaka til at utgiftene er venta å bli redusert i 2009.
Talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak er høgare enn det som blei lagt til grunn for saldert budsjett for 2009. Utgifter til dette tiltaket aukar.
Samla er det venta ein reduksjon i behovet for løyving på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 60 med 15,12 mill. kroner.
Post 70 Norskprøver for vaksne innvandrarar
Løyvinga for 2009 er 14 mill. kroner.
Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av norskprøver for vaksne innvandrarar, og behovet er no venta å bli lågare enn føresett i 2009.
Årsaka er mellom anna at delen som utgjer statleg finansierte prøvar går ned og at rekneskapen hittil i år syner at dei variable kostnadene i samband med prøvene er lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 2,973 mill. kroner.
Kap. 3653 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
01 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter | 136 683 | 142 884 | +6 201 |
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga er 136,7 mill. kroner i 2009.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). 90 pst. av utgiftene til norskopplæring i mottak blir rekna som ODA-godkjende utgifter. Ein auke i talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak fører til ein auke i utgifter til opplæring og ein auke i ODA-godkjende utgifter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 6,201 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot, militære, overslagsløyving | 218 343 | 195 000 | 200 000 | +5 000 |
71 | Tilskot, sivile, overslagsløyving | 522 579 | 497 600 | 475 000 | -22 600 |
Sum endringar | -17 600 |
Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 195 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på militære krigspensjonistar og gjennomsnittleg yting blir litt høgare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 70 med 5 mill. kroner.
Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 497,6 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på sivile krigspensjonistar blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på post 71 med 22,6 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot | 602 000 | 602 000 | 299 000 | -303 000 |
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2009 er 602 mill. kroner.
Tilskotet til Pensjonstrygda for sjømenn skal dekkje delar av betalingane til pensjon etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at fondet til regulering er brukt opp. Ein ventar no at utgiftene blir 303 mill. kroner lågare enn lagt til grunn for løyvinga i 2009.
Hovudforklaringa på mindreforbruket er at omlagde betalingsrutinar i Arbeids- og velferdsetaten påverkar pensjonsutbetalingane frå Pensjonstrygda for sjømenn i 2009. Pensjonstrygda for sjømenn betaler ut sjømannspensjonane gjennom NAV-kontora, og Pensjonstrygda for sjømenn skal kvar månad refundere Arbeids- og velferdsetaten den summen som er betalt ut. Omlegginga av rutinane i Arbeids- og velferdsetaten har ført til at refusjonar som i tidlegare budsjettoverslag var føresett betalte i november og desember 2009, blir skovne ut til 2010. Anslaga for pensjonsutgifter er reduserte med 248 mill. kroner på grunnlag av forskyvinga. I tillegg førar også redusert kravinngang til lågare pensjonsutgifter. Høgare sysselsetjing i skipsfarta fører til auke i inntekta, og gjev også grunnlag for å redusere utgiftene på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på post 70 med 303 mill. kroner.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot | 1 122 355 | 1 290 400 | 1 295 000 | +4 600 |
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2009 er på 1 290,4 mill. kroner.
Ein reknar med at gjennomsnittleg yting vil bli litt lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, medan talet på AFP-pensjonistar i snitt i 2009 blir noko høgare enn tidlegare forventa. Samla sett reknar ein med at utgiftene blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 70 med 4,6 mill. kroner.
Kap 667 Supplerande stønad
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving | 267 133 | 310 000 | 340 000 | +30 000 |
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er på 310 mill. kroner.
Rekneskapstala for 2008 blei litt høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar ser også ut til å bli noko høgare enn venta. Gjennomsnittleg yting ser ut til å bli litt lågare enn tidlegare forventa. Samla sett reknar ein med at utgiftene blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 70 med 30 mill. kroner.
Kap. 690 Utlendingsdirektoratet
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
21 | Særskilde driftsutgifter, statlege mottak | 1 376 649 | 2 338 568 | 2 565 812 | +227 244 |
60 | Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar | 158 369 | 175 456 | +17 087 | |
75 | Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast | 9 257 | 12 300 | 5 283 | -7 017 |
Sum endringar | +237 314 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak
Løyvinga for 2009 er på 2 338,6 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal dekkje staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar. Behovet for løyving er avhengig av kor mange personar det er som bur i mottak. Dette henger saman med kor mange som søkjer asyl, sakshandsamingstida i asylsaker, talet på løyve og avslag, busetjingstakten, uttransporteringar og kor mange som reiser frå mottaka på eiga hand.
Gjeldande løyving på posten er 2 338,6 mill. kroner, basert på eit gjennomsnittleg mottaksbelegg på 15 200, jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009). Årsaka er i hovudsak at 2 500 fleire søkjer asyl samstundes med at 600 færre blir busett, samanlikna med gjeldande budsjett. Oppdaterte prognoser tilseier at gjennomsnittleg belegg i mottak ventas å auke til 17 200 i 2009.
På bakgrunn av dette gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak med 227,244 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar
Gjeldande løyving på posten er 158,4 mill. kroner.
Som omtalt under post 21 er behovet for mottaksplassar i 2009 høgare enn tidligare lagt til grunn. Talet på kommunar med asylmottak som det skal utbetalas vertskommunetilskot til i 2009 ventas å auke. Meirutgiftene som følgje av dette blir anslått til om lag 17,1 mill. kroner. Dette inkluderar 400 000 kroner meir til vergeordninga for einslege asylsøkjarar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar med 17,087 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
Gjeldande løyving på posten er 12,3 mill. kroner.
Ubrukt løyving på 7,2 mill. kroner i 2008 blei overført til 2009. Talet på reisande er om lag 200 fleire enn tidlegare venta, og utgiftene vil bli om lag 12,5 mill. kroner i 2009. Sidan disponible midlar på posten i 2009 er høgare enn behovet for løyving, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å nedsetje løyvinga under post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet med 7,017 mill. kroner.
Kap. 3690 Utlendingsdirektoratet
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
03 | Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter | 11 550 | 12 100 | 12 250 | +150 |
04 | Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter | 463 545 | 1 600 100 | 1 874 754 | +274 654 |
Sum endringar | +274 804 |
Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga er på 12,1 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av auke i utgiftene på post 75, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga på post 03 med 150 000 kroner.
Post 04 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga er på 1 600,1 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av at fleire bur i mottak, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga på post 04 med 274,654 mill. kroner.
Kap. 2541 Dagpengar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Dagpengar, overslagsløyving | 4 375 600 | 10 500 000 | 9 700 000 | -800 000 |
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er på 10 500 mill. kroner.
Departementet anslår dagpengeutbetalingane i 2009 til om lag 9 700 mill. kroner med grunnlag i tal til og med september. Det er 800 mill. kroner lågare enn anslaget på løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2009.
I lys av utviklinga i arbeidsløysa dei siste månadane, utbetalingane hittil i år og utsiktene på arbeidsmarknaden framover vil utbetalingane til dagpengar bli lågare enn tidlegare lagt til grunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga under post 70 med 800 mill. kroner til 9 700 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
01 | Refusjon dagpengar, statsgaranti ved konkurs | 22 129 | 45 000 | 52 000 | +7 000 |
03 | Refusjon dagpengar frå EØS-land | 3 301 | 3 400 | 1 700 | -1 700 |
Sum endringar | +5 300 |
Post 01 Refusjon dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Løyvinga for 2009 er på 45 mill. kroner.
Arbeids- og velferdsetaten forskotterer dagpengar til personar som blir omfatta av konkurs. Inntektene under denne posten er refusjon av dagpengar i samband med lønnsgaranti ved konkurs.
Tal frå SSB visar at det er vekst i talet på konkursar hittil i år samanlikna med same periode i fjor. På bakgrunn av dette gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 7 mill. kroner til 52 mill. kroner i 2009.
Post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land
Løyvinga for 2009 er på 3,4 mill. kroner.
På bakgrunn av informasjon om refusjonar så langt i år gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å setje ned løyvinga under post 03 med 1,7 mill. kroner til 1,7 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.v.
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.v., overslagsløyving | 476 063 | 750 000 | 1 100 000 | +350 000 |
Post 70 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.v., overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er på 750 mill. kroner.
Utbetalingane gjennom lønsgarantiordninga er sterkt konjunkturavhengig, og det er særleg talet på konkursar på landsbasis, talet på tilsette og lønsnivået for desse som påverkar den samla utbetalinga. Økonomien i det enkelte buet har også stor betydning for utbetalingane og moglegheitene for innkrevjing av dividende.
I dei første åtte månadane i 2009 blei 3 417 einingar slått konkurs, mot 2 117 konkursar i 2008. Dette er ein vekst på 61 pst. for denne perioden. Så langt er det ingen teikn til nedgang i talet på konkursar. Ei auke i talet på konkursar vil føre til ei auke i talet på nye saker/bu til lønsgarantiordninga.
Utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga i staten per august 2009 er 649 mill. kroner. Ugiftene viser ein jamn vekst månad for månad hittil i 2009. Dersom utgiftene held seg på same gjennomsnittlege nivå som for dei siste tre månadane vil dei samla utbetalingane bli om lag 1 100 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga under post 70 blir auka med 350 mill. kroner frå 750 mill. kroner til 1 100 mill. kroner i 2009.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
02 | Dividende | 77 039 | 190 000 | 130 000 | -60 000 |
Post 02 Dividende
Løyvinga for 2009 er på 190 mill. kroner.
Dividenden kan til ei viss grad sjåast i samanheng med endringane i utbetalingar og den generelle økonomiske situasjonen i bua. Innbetalingane relaterer seg både til inneverande og tidlegare års utbetalingar. Det er eit betydeleg etterslep i innkrevjing av dividenden i forhold til utbetalingane.
Som følgje av lågare utbetalingar til konkursbu i 2006 og 2007 og i 1. halvår 2008 blei det også eit fall i dividendeinnbetalingane, og i 2007 og 2008 blei det innbetalt dividende tilsvarande 103 og 77 mill. kroner.
Per august 2009 er det innbetalt 84,9 mill. kroner i samla dividende. Ved framskriving av dei månadlege innbetalingane så langt i 2009 vil det samla sett bli innbetalt omlag 130 mill. kroner.
Med bakgrunn i denne utviklinga gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om at løyvinga under post 02 blir redusert med 60 mill. kroner, frå 190 mill. kroner til 130 mill. kroner i 2009.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
72 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 427 493 | 460 000 | 435 000 | -25 000 |
73 | Utdanningsstønad | 55 424 | 57 000 | 56 000 | -1 000 |
76 | Forskottering av underhaldsbidrag | 955 552 | 970 000 | 875 000 | -95 000 |
Sum endringar | -121 000 |
Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 460 mill. kroner.
Nye tal for 2009 syner at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 25 mill. kroner.
Post 73 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2009 er 57 mill. kroner. Nye tal for 2009 syner at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 1 mill. kroner.
Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag
Løyvinga for 2009 er på 970 mill. kroner.
Utgiftene til forskot på tilskot til fostring i 2009 blir nå rekna til 875 mill. kroner, 95 mill. kroner lågare enn løyvinga for året. Årsaka er at talet på barn med forskot ser ut til å bli lågare enn rekna med då løyvinga blei fastlagt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga for 2009 under post 76 med 95 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving | 27 662 663 | 29 080 000 | 32 280 000 | +3 200 000 |
71 | Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving | 1 574 575 | 1 720 000 | 1 890 000 | +170 000 |
72 | Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving | 442 572 | 510 000 | 520 000 | +10 000 |
75 | Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving | 1 463 836 | 1 630 000 | 1 620 000 | -10 000 |
Sum endringar | +3 370 000 |
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 29 080 mill. kroner.
I St.prp. nr. 67 (2008-2009) er det lagt til grunn ein vekst på 2 pst. i talet på sjukepengedagar per sysselsett. Vidare er det lagt til grunn ein auke i sysselsetjinga og sjukepengegrunnlaget.
Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2009, gjev grunn til å tru at talet på sjukepengedagar per sysselsett vil auke med 10 pst. frå 2008 til 2009, og at sjukepengegrunnlaget vil auke med 6,5 pst. Vidare er det venta at sysselsetjinga vil minke med 0,4 pst. i 2009. Samla sett gjev dette betydeleg høgare sjukepengeutbetalingar i 2009 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Sjukefråveret i Noreg er i dag på eit svært høgt nivå. Vi har ikkje lukkast med å redusere fråveret dei seinare åra, slik som til dømes har vore målet i IA-avtala. Regjeringa er uroa over den sterke veksten i sjukefråveret i 2009, ikkje minst fordi erfaring tilseier at sjukefråvær aukar utsikten for å bli støyt ut av arbeidslivet og gi overgang til varige trygdeytingar. Dette er ikkje bra for den einskilde som rammast og for samfunnet. Auken i sjukefråveret den siste tida har kome samstundes med auka arbeidsløyse, men samanhengen er langt frå eintydig og det er vanskelig å finne klare årsaksforhold. Ein gjennomgang av sjukefråveret er eit sentralt tema i dei pågåande drøftingane med partane i arbeidslivet om eit vidareført IA-samarbeid.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 3 200 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 1 720 mill. kroner.
Sjukefråveret blant sjølvstendige blir noko høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 Sjukepengar for sjølvstendige arbeidstakarar med 170 mill. kroner.
Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 510 mill. kroner.
Utgiftene i 2009 blir noko høgare enn venta. Årsaka er at talet på mottakarar er høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 72 med 10 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 1 630 mill. kroner.
Utgiftene i 2009 blir noko lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 10 mill. kroner.
Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Rehabiliteringspengar, overslagsløyving | 8 599 149 | 8 988 000 | 10 040 000 | +1 052 000 |
71 | Legeattestar | 258 974 | 270 000 | 269 000 | -1 000 |
Sum endringar | +1 051 000 |
Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 8 988 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar i 2009 er venta å bli høgare på grunn av eit høgare tilsig av mottakarar frå sjukepengar og lågare avgang frå ordninga. Den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar har gått noko opp.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 1 052 mill. kroner.
Post 71 Legeattestar
Løyvinga for 2009 er 270 mill. kroner.
Utgiftsutviklinga så langt i år er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Som følgje av at ansvaret for helserefusjonar blei overført frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til Helsedirektoratet frå 1. januar 2009, overførte ein i samband med St.prp. nr 1 (2008-2009) 11 mill. kroner til mellom anna individuell refusjon av legemiddel frå kap. 2652, post 71 til kap. 2752, post 71. Grunna at nødvendige tekniske og administrative endringar ikkje ble implementert i 2009, må utgiftene likevel førast på kap. 2652, post 71.
Summen av dei to effektane er ein mindre reduksjon av løyvinga for 2009.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 1 mill. kroner.
Kap. 2653 Ytingar til yrkesretta attføring
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Attføringspengar, overslagsløyving | 9 751 517 | 10 772 000 | 10 660 000 | -112 000 |
71 | Attføringsstønad, overslagsløyving | 1 029 709 | 493 000 | 525 000 | +32 000 |
Sum endringar | -80 000 |
Post 70 Attføringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 10 772 mill. kroner.
Utviklinga så langt i år syner ein lågare vekst i gjennomsnittleg utgift per mottakar enn lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett. Det har også blitt noko færre mottakarar av attføringspengar enn tidligare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 112 mill. kroner.
Post 71 Attføringsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 493 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har blitt noko høgare enn tidligare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 Attføringsstønad med 32 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 18 596 076 | 19 504 000 | 19 390 000 | -114 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 28 474 246 | 30 337 000 | 30 270 000 | -67 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 1 626 165 | 1 865 000 | 1 840 000 | -25 000 |
73 | Førebels uførepensjon, overslagsløyving | 166 225 | 102 000 | 40 000 | -62 000 |
74 | Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving | 7 492 266 | 9 183 000 | 9 090 000 | -93 000 |
76 | Yrkesskadetrygd gml. Lovgjeving, overslagsløyving | 73 679 | 72 000 | 70 000 | -2 000 |
Sum endringar | -363 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 19 504 mill. kroner.
Utgiftene i 2009 har auka mindre enn venta fordi talet på mottakarar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 114 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 30 337 mill. kroner.
Utgiftene i 2009 har auka mindre enn venta fordi talet på mottakarar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 67 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 1 865 mill. kroner.
Utgiftene i 2009 har auka mindre enn venta fordi talet på mottakarar er lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 25 mill. kroner.
Post 73 Førebels uførepensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 102 mill. kroner.
Utgiftene i 2009 har auka mindre enn venta, i hovudsak fordi talet på mottakarar er mykje lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar har minka med om lag 1/3 hittil i 2009.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 62 mill. kroner.
Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 9 183 mill. kroner.
Tilgangen til ordninga er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 74 med 93 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er på 72 mill. kroner.
Utgiftene ser ut til å bli noko lågare enn rekna med då løyvinga blei fastsett.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 76 med 2 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
73 | Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning | 106 955 | 115 660 | 100 000 | -15 660 |
74 | Tilskot til bilar | 912 557 | 1 025 000 | 890 000 | -135 000 |
75 | Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel | 2 828 188 | 2 930 000 | 2 805 000 | -125 000 |
76 | Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester | 112 578 | 123 540 | 132 000 | +8 460 |
77 | Ortopediske hjelpemiddel | 798 818 | 830 000 | 865 000 | +35 000 |
78 | Høyreapparat | 451 678 | 500 000 | 470 000 | -30 000 |
Sum endringar | -262 200 |
Post 73 Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning
Løyvinga for 2009 er 115,66 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har auka mindre enn venta. Utgiftene til hjelpemiddel på arbeidsplassar har minka med 30 pst. hittil i 2009. Samtidig aukar utgiftene til tolkehjelp for døve i arbeidslivet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 15,66 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bil
Løyvinga for 2009 er 1 025 mill. kroner.
Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Til no har utgiftene minka med 2,4 pst. samanlikna med i fjor. Det er hittil i 2009 registrert reduksjon i talet på kjøp av bil, både i gruppe 1 og 2.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 74 med 135 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2009 er 2 930 mill. kroner.
Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene til enkelte av dei større hjelpemiddelgruppene, som manuell og elektrisk rullestol og datautstyr, minkar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 125 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Løyvinga for 2009 er 123,54 mill. kroner.
Utgiftene har auka noko meir enn der som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene samla sett er venta å bli 8,46 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål med 8,46 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2009 er 830 mill. kroner.
Utgiftene er venta å bli 35 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene aukar for dei fleste enkeltstønadene.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 77 med 35 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2009 er 500 mill. kroner.
Utgiftene er venta å bli 30 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, grunna at volumveksten er lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 78 med 30 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 39 851 225 | 41 816 000 | 41 770 000 | -46 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 60 208 357 | 65 133 000 | 65 180 000 | +47 000 |
72 | Ventetillegg, overslagsløyving | 56 052 | 45 000 | 44 000 | -1 000 |
73 | Særtillegg, overslagsløyving | 5 267 706 | 5 795 000 | 5 750 000 | -45 000 |
Sum endringar | -45 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 41 816 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på alderspensjonistar med grunnpensjon i snitt i 2009 blir litt lågare enn tidlegare forventa.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 46 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 65 133 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på alderspensjonistar med tilleggspensjon i snitt i 2009 blir litt lågare enn tidlegare forventa. Gjennomsnittleg yting ser ut til å bli litt høgare enn tidlegare forventa. Samla sett reknar ein med at utgiftene blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 med 47 mill. kroner.
Post 72 Ventetillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 45 mill. kroner.
Rekneskapstala for 2008 blei litt lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar ser også ut til å bli noko lågare enn venta. Samla sett reknar ein med at utgiftene blir lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 1 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 5 795 mill. kroner.
Ein reknar med at gjennomsnittleg yting blir litt lågare enn tidlegare forventa. Det er gjort mindre tekniske justeringar i rekneskapen på posten som medverkar til at anslaget for løyvinga bør setjast ned.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 45 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 1 265 425 | 1 303 000 | 1 295 000 | -8 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 1 141 515 | 1 112 000 | 1 095 000 | -17 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 78 756 | 102 000 | 97 000 | -5 000 |
74 | Utdanningsstønad | 885 | 1 350 | 500 | -850 |
75 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 8 418 | 10 000 | 6 000 | -4 000 |
Sum endringar | -34 850 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 1 303 mill. kroner.
Ein reknar med noko lågare tal på mottakarar av grunnpensjon enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 8 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 1 112 mill. kroner.
Ein reknar med noko lågare tal på mottakarar av tilleggspensjon enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 17 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er 102 mill. kroner.
Ein reknar med noko lågare tal på mottakarar av særtillegg enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 74 med 5 mill. kroner.
Post 74 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2009 er på 1,35 mill. kroner
Utgiftene på denne posten varierer og er difor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september 2009 blir utgiftene redusert med 850 000 kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 850 000 kroner.
Post 75 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er på 10 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer og er difor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september 2009 blir utgiftene redusert med 4 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 4 mill. kroner.
Kap. 2686 Gravferdsstønad
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Gravferdsstønad, overslagsløyving | 129 611 | 130 000 | 150 000 | +20 000 |
Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2009 er på 130 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på mottakarar blir høgare enn det som låg til grunn i løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 20 mill. kroner.
Kap. 2690 Diverse utgifter
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreutgift (-) | ||
77 | Pasientar frå avtaleland | 122 084 | 105 000 | 120 000 | +15 000 |
Post 77 Pasientar frå avtaleland
Løyvinga for 2009 er 105 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og posten er difor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september blir utgiftene berekna å auke med 15 mill. kroner i 2009.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 77 Pasientar frå avtaleland med 15 mill. kroner.
Kap. 5701 Diverse inntekter
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2008 | 2009 | 2009 | Mindreinntekt (-) | ||
02 | Diverse inntekter | 207 528 | 225 000 | 229 000 | +4 000 |
03 | Hjelpemiddelsentralar m.m. | 34 229 | 38 000 | 35 000 | -3 000 |
71 | Refusjon ved yrkesskade | 909 686 | 1 035 000 | 975 000 | -60 000 |
74 | Refusjon medisinsk handsaming | 2 904 | 2 800 | 8 000 | +5 200 |
80 | Renter | 128 333 | 10 000 | 1 700 | -8 300 |
86 | Innfordra misbruk av attføringsytingar | 25 900 | 11 100 | 21 000 | +9 900 |
Sum endringar | -52 200 |
Post 02 Diverse inntekter
Løyvinga for 2009 er 225 mill. kroner.
Posten består mellom anna av inntekter frå renter og avdrag på attføringslån, og diverse refusjonar i samband med feilutbetalingar. Basert på innbetalingar så langt i 2009, er samla inntekter venta å bli 229 mill. kroner på posten for 2009. I 2008 blei det rekneskapsført om lag 207 mill. kroner på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 02 med 4 mill. kroner.
Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2009 er 38 mill. kroner.
Dei meste av inntektene er sal av bilar som det har blitt gitt stønad til, og som er bytte inn og av sal av hjelpemiddel. Inntektene så langt i år tyder på at dei samla sett i 2009 blir lågare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 03 med 3 mill. kroner.
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga for 2009 er på 1 035 mill. kroner.
På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2008, som er innbetalt til folketrygda, blir anslaget for 2009 60 mill. kroner lågare enn budsjettert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 60 mill. kroner.
Post 74 Refusjon medisinsk handsaming
Løyvinga for 2009 er på 2,8 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer mykje frå år til år, og posten er difor vanskeleg å berekne. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene blir om lag 5,2 mill. kroner høgare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 74 med 5,2 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga for 2009 er 10 mill. kroner.
Inntektene er venta å bli 8,3 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 80 med 8,3 mill. kroner.
Post 86 Innfordra misbruk av attføringsytingar
Løyvinga for 2009 er 11,1 mill. kroner.
Det er regnskapsført om lag 14 mill. kroner per 30. september 2009. Om vi får same utvikling som i 2008 ut året, vil samla inntekter bli 21 mill. kroner på posten for 2009.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 86 med 9,9 mill. kroner.