2 Merknader til protokollen
Hausten 2011 tok styresmaktene i Sør-Afrika kontakt med norske styresmakter for å innleie forhandlingar om endring av artikkel 26 i gjeldande skatteavtale. Bakgrunnen var at Sør-Afrika for framtida vil gjennomføre den standarden for innsyn i og utveksling av opplysningar som er etablert i OECDs mønsteravtale av 2005.
Skatteavtala mellom Kongeriket Noreg og Republikken Sør-Afrika blei underskriven i Cape Town den 12. februar 1996 og bygger på OECDs mønsteravtale frå 1992. I denne avtala går det ikkje klart fram at Sør-Afrika pliktar å gi norske skattestyresmakter innsyn i kontoar og andre opplysningar som bankar og finansinstitusjonar i Sør-Afrika har. Heller ikkje går det klart fram at Sør-Afrika pliktar å gi innsyn i eigarhøva til selskap og trustar som er knyte til norske skattytarar eller å gi opplysningar i saker der Sør-Afrika ikkje har ei eiga skatteinteresse. Etter gjeldande avtale pliktar Sør-Afrika heller ikkje å utveksle opplysningar om skattar som ikkje vert omfatta av avtala.
Artikkel 1 til protokollen oppdaterer artikkel 26 i skatteavtala i tråd med OECD sine anbefalingar for informasjonsutveksling der det nå er klarlagt i artikkelen kva for informasjon landa pliktar å utveksle.
Artiklane 2 og 3 inneheld reglar om når protokollen trer i kraft og opphør av protokollen. Protokollen trer i kraft på datoen for mottak av den siste av kunngjeringane om at dei naudsynte interne prosedyrane er gjennomførte, og endringane skal ha verknad frå same dato som protokollen trer i kraft. Protokollen skal vere i kraft så lenge skatteavtala er i kraft, og skal ha verknad så lenge skatteavlala har verknad.
Protokollen er inngått på engelsk. Protokollen og ei norsk omsetjing følgjer vedlagt.