1 Samandrag
Programområde 02 Utanriksforvaltning
Innanfor programområde 02 blir det gjort framlegg om å auke ulike postar med til saman 85,121 mill. kroner og redusere andre postar med 142,5 mill. kroner. Endringane har i hovudsak samanheng med endra tilskot til internasjonale organisasjonar (m.a. FN og EFTA), endringar i utbetalingane under EØS-finansieringsordningane og mindre endringar i departementet sine administrasjonsutgifter, jf. omtale nedanfor.
Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp
Innanfor budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om auka løyvingar på enkelte postar med til saman 356,622 mill. kroner og reduksjonar på andre postar med til saman 191,622 mill. kroner. Samla budsjettramme for utviklingshjelp i 2009 blir etter dette foreslått auka med 165 mill. kroner, av dette 65 mill. kroner i tilleggsløyving til donasjon av vaksiner til utviklingsland og 100 mill. kroner i tilleggsløyving til dekking av auka flyktningutgifter i Noreg (ODA).
Av 266,6 mill. kroner i auka flyktningutgifter (ODA) blir 166,6 mill. kroner foreslått finansiert ved omfordeling frå andre postar på budsjettet, jf. omtale nedanfor. Andre forslag til omfordeling omfattar mindre endringar pga. endra valutakurs og lønsoppgjeret 2009.
65 mill. kroner i donasjon av pandemivaksine til utviklingsland er nærare omtalt i Prop. 2 S (2009-2010) frå Helse og omsorgsdepartementet og under kap. 170, post 76 nedanfor.