2 Forslag til løyvingar
Kap. 100 Utanriksdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Det er etablert ei stilling som næringslivsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk for styrking av det norsk-russiske næringssamarbeidet i nord, jf. St.prp. nr. 59 (2007-2008). I samband med dette blir det foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå kap. 118, post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til kap. 100, post 01 Driftsutgifter. Det blir i tilegg foreslått løyvd 4,621 mill. kroner som kompensasjon for lønnsoppgjøret 2009.
Løyvinga blir foreslått auka med 5,621 mill. kroner.
Kap. 103 Regjeringas fellesløyving for representasjon
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga grunna FNs generalsekretær Ban Ki-moon sitt besøk til Noreg sommaren 2009 og tildelinga av Nobels fredspris til USAs president Barack Obama.
Løyvinga blir foreslått auka med 2,5 mill. kroner.
Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet
Post 01 Driftsutgifter
Utgiftene til kongefamilien sine reiser til utlandet i 2009 blir noko mindre enn tidlegare budsjettert.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1,5 mill. kroner.
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Løyvinga blir foreslått redusert med 63 mill. kroner.
Forslaget har i hovudsak samanheng med meir- eller mindreutgifter i pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar, i hovudsak til FNs fredsbevarande operasjonar, EFTA og EFTA-organ og justering av enkelte bidrag til internasjonale organisasjonar pga. endra valutakurs.
Post 72 EØS-finansieringsordninga, kan overførast
Det er behov for mindre budsjettmidlar på grunn av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått redusert med 40 mill. kroner.
Post 73 Den norske finansieringsordninga, kan overførast
Det er behov for mindre budsjettmidlar på grunn av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått redusert med 37 mill. kroner.
Post 74 Bilaterale samarbeidsprogram med Bulgaria og Romania, kan overførast
Det har vore raskare framdrift og utbetalingstakt i prosjekt under denne ordninga enn tidlegare planlagt.
Løyvinga blir foreslått auka med 77 mill. kroner.
Kap. 118 Nordområdetiltak m.m.
Post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast
Det blir foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå denne posten til finansiering av stilling som næringsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk, jf. og omtale under kap. 100, post 01 ovanfor.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner.
Kap. 140 Utanriksdepartementet sin administrasjon av utviklingshjelpa
Post 01 Driftsutgifter
Det blir foreslått løyvd 3,3 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret 2009.
Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp (Norad)
Post 01 Driftsutgifter
Det blir foreslått løyvd 1,1 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret 2009.
Kap. 161 Næringsutvikling
Post 70 Næringsutvikling, kan overførast
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 77 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Dette er det funne rom for pga. forseinka utbetalingstakt for enkelte avtalar.
Kap. 164 Fred, forsoning og demokratitiltak
Post 71 ODA-godkjende land på Balkan, kan overførast
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 25 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Det er ledige midler på posten pga. av forseinka framdrift i enkelte prosjekt. Omfordelinga får ikkje konsekvensar for fortløpande prosjekt og program.
Post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Det er ledige midler på posten pga. at enkelte prosjekt ikkje har kome i gang. Omfordelinga får ikkje konsekvensar for løpande prosjekt.
Kap. 166 Miljø og bærekraftig utvikling m.m.
Post 70 Ymse tilskudd, kan overførast
Disponibel løyving på posten blir foreslått redusert med 4,622 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Bruken av midlane på denne posten er nærare omtala i St.prp. nr. 1 (2008-2009) under kap. 166, post 70.
Post 71 Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m., kan overførast
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 9 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Det er ledige midlar grunna forseinka framdrift i prosjekt knytta til frihandelsavtalar.
Post 72 Internasjonale miljøprosessar og bærekraftig utvikling, kan overførast
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Det er funne rom for dette pga av forseinka framdrift i enkelte prosjekt.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Dei ODA-godkjende utgiftene til flyktningar i Noreg har auka i 2009. Dette er omtalt under respektive proposisjonar om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet (Kap./post 3653/01, 3690/03 og 3690/04), Kunnskapsdepartementet (Kap./post 3225/04)og Barne og likestillingsdepartementet (Kap./post 3854/04 og 3856/04) som administrerer tiltaka for flyktningar i Noreg.
Det er rekna med at 266,6 mill. kroner av dei auka flyktningutgiftene kan klassifiserast som offisiell utviklingshjelp, jf. OECD sitt regelverk. Løyvinga på denne posten blir foreslått auka med 266,6 mill. kroner.
Kap. 170 FN- organisasjonar m.m.
Post 76 Tilleggsmidlar via FN-systemet m.m., kan overførast
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 65 mill. kroner for donasjon av inntil 10 pst. av Noreg sine pandemivaksiner til utviklingsland gjennom Verdens helseorganisasjon (WHO). Denne løyvinga vil bli refundert Helse- og omsorgsdepartementet som inngår avtale om donasjon med WHO, jf. Prop. 2 S (2009-2010).
I tillegg blir det gjort framlegg om å omdisponere 4 mill. kroner av løyvinga på posten til dekking av auka utgifter på andre postar.
Det blir gjort framlegg om ei netto tilleggsløyving på posten på 61 mill. kroner.
Post 78 Bidrag til andre FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 8,6 mill. kroner grunna meirutgifter som følgje av endra valutakurs.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 16,022 mill. kroner grunna meirutgifter som følgje av endra valutakurs.
Post 72 Samfinansiering via finansinstitusjonar, kan overførast
Det er gitt tilsegn om 150 mill. kroner til Verdensbankens klimafond »Scaling up renewable energy for low-income countries» (SREP) over perioden 2009-2011. Fondet er førebels ikkje operativt og noko av innbetalinga vil først skje i 2010.
Løyvinga blir foreslått redusert med 66 mill. kroner.