Prop. 48 S (2009–2010)

Endringar i statsbudsjettet for 2009 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 903 Norsk Akkreditering

Post 01 Driftsutgifter

Norsk Akkreditering sine utgifter i 2009 vil bli høgare enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett, noko som kjem av større auke i Norsk Akkreditering si verksemd enn venta. Akkrediteringsverksemda blir finansiert gjennom gebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om auke av driftsutgiftene under kap. 903, post 01 på 5 mill. kroner, frå 25,32 til 30,32 mill. kroner, jf. tilsvarande framlegg under kap. 3903 post 01.

Kap. 904 Brønnøysundsregistra

Post 01 Driftsutgifter

Brønnøysundregistra har fullmakt til å utføre eksterne oppdrag. Utgiftene blir belasta kap. 904, post 01, og inntektene blir ført under kap. 3904, post 02. Oppdraga gjeld mellom anna drifting av nokre register og sal av kurs- og konsulent­tenester. Som følgje av større etterspørsel etter tenester, og generelt meir aktivitet, har utgiftene og inntektene blitt høgare enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om auke av driftsutgiftene under kap. 904, post 01 med 17,2 mill. kroner, frå 243,3 til 260,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3904, post 02.

Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga

Sak 1

I statsbudsjettet for 2009 er det løyvd middel til utviklinga av Altinn, det såkalla Altinn II-prosjektet. Løyvingane var basert på avtalar som blei underteikna sommaren 2008. Etter dette blei utviklingsarbeidet sett i gong, og første versjon av den nye løysinga skal settast i drift seinhaustes 2009. Under arbeidet med første versjon og det førebuande arbeidet med andre versjon av den nye løysinga, har det blitt avdekt behov for tilleggsløyvingar. Grunnen til dette er at utviklingskostnadene har blitt 22 mill. kroner høgare i 2009 enn det overslaget som låg til grunn ved inngåing av avtalane.

Sak 2

I samband med at det blei inngått nye kontrakter for Altinn II 1. november 2008, blei rutinane for tenesteeigarane si betaling for bruk av Altinn endra. I det nye avtaleregimet blir Brønnøysund­registra fakturert for alle kostnadene ved pålogging. Brønnøysundregistra får i ettertid refusjon frå kvar tenesteeigar som blir inntektsført under kap. 3904, post 03. Dei samla kostnadene for pålogging i Altinn som Brønnøysundregistra får refusjon for, er om lag 40 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 904, post 22 med til saman 62 mill. kroner, frå 247,2 til 309,2 mill. kroner.

Kap. 907 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til løn, ordinære driftsutgifter og utsteding av maritime personellsertifikat. Det har blitt bestilt vesentleg færre nybygg og ombygging av skip ved norske verft i 2009 enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett 2009. Dette inneber at Sjøfartsdirektoratet har fått redusert aktivitet med tilsyn og kontroll av nybygg/byggeprosjekt.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 907, post 01 med 3,5 mill. kroner, frå 302,7 til 299,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3907, post 01.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Ordninga omfattar:

  • tilskot til refusjon for farty i NOR og NIS (9,3 ­eller 12 pst.)

  • nettolønstilskot til bemanninga omfatta av alarminstruksen på passasjerferjer i utanriksfart i NOR

  • nettolønstilskot til farty i petroleumsverksemd (dvs. offshorefarty) i NOR og andre farty i NOR (lasteskip, brønnbåtar, passasjerskip og slepebåtar)

  • nettolønstilskot til tryggleiksbemanninga på hurtigruteskipa som betener strekninga Bergen – Kirkenes.

Ordinær løyving gjennom saldert budsjett 2009 var 1 750 mill. kroner. På grunnlag av utrekningar og prognose etter utbetalingane for 4. til 6. termin 2008 (frå juli til og med desember) blei løyvinga auka med 60 mill. kroner, til 1 810 mill. kroner, i samband med St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2009.

Hittil i år er det utbetalt nærare 1 100 mill. kroner for fire terminar: 6.termin 2008 for november-desember medrekna etterslep og etterbetalingar frå 2008 og 1.-3. termin 2009 (for januar-juni). Medrekna forventa tilskotsutbetalingar for 4. og 5. termin 2009 (for juli-oktober) er det grunnlag for å justere ned anslaget for dei samla utbetalingane i 2009 til 1 730 mill. kroner.

Tilskotsordninga er regelstyrt og særleg talet på sjøfolk som er omfatta av ordningane, er avgjerande for storleiken på refusjonsutbetalingane. Vidare er lønsnivået for dei aktuelle sjøfolka utslagsgivande. Reduksjonen i tilskotsutbetalingane i høve til anslaget i St.prp nr. 67 (2008-2009) skuldast hovudsakeleg at taket på 198 000 kroner i refusjonsutbetaling per sysselsett har gitt større effekt enn tidlegare berekna.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 909, post 73 med 80 mill. kroner, frå 1 810 til 1 730 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA utbetalast i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det og vore justering i kontigentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Som følgje av dette blei løyvinga auka med 11,1 mill. kroner ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009). Etter ytterlegare justering gjer ein nå framlegg om at løyvinga blir auka med 1,1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 922, post 70 med 1,1 mill. kroner, frå 137,5 til 138,6 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Deltaking i internasjonal romverksemd utbetalast i euro. Valutakursane på euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2009 på grunn av endra framdrift i gjennomføringa av programma. Løyvinga blei auka med 20,7 mill. kroner i St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009). Som følgje av ein ytterlegare justering gjerast framlegg om at løyvinga blir auka med 4,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 922, post 71 med 4,9 mill. kroner, frå 278,3 til 283,2 mill. kroner.

Post 73 Galileo

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009) blei det løyvd 19 mill. kroner til Noregs deltaking i satellittnavigasjonssystemet Galileo. Etter det har valutakursendringar og endra oppkalling ført til at utbetalingane har auka med 0,4 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 922, post 73 med 0,4 mill kroner, frå 19 til 19,4 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

På statsbudsjettet for 2009 er det løyvd 10,7 mill. kroner til å dekke utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Posten skal òg dekke konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er overført 8,0 mill. kroner frå 2008, og det er vidare knytt ei overskridingsfullmakt til posten.

Dei samla utgiftene for 2009 vil venteleg bli om lag 43,5 mill. kroner. Når ein tek omsyn til 8,0 mill. kroner som er overført frå 2008, er det behov for ei tilleggsløyving på om lag 24,8 mill. kroner for 2009.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 950, post 21 med 24,8 mill. kroner, frå kr 10,7 til kr 35,5 mill. kroner.

Post 90 Ansvarleg lån, Entra Eiendom AS

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009) blei det løyvd 1 mrd. kroner i ansvarleg lån til Entra Eiendom AS. I tillegg ga staten avkall på utbyte frå selskapet for rekneskapsåret 2008.

Bakgrunnen for dette var den internasjonale finanskrisa som førte til store verdinedskrivingar for eigedom i 2008 og første halvår 2009. Denne utviklinga svekka soliditeten til Entra Eiendom AS. Gjennom tredje kvartal 2009 har finansmarknadane vist betring. Dette påverkar òg eigedomsmarknaden positivt. Det er venta at eigedomsverdiane vil vere stabile òg gjennom fjerde kvartal, og risikoen for ytterlegare verdinedskrivingar er vesentleg redusert. Den positive utviklinga har ført til at Entra Eiendom AS no vurderer situa­sjonen slik at det ikkje lenger er nødvendig for selskapet å gjere nytte av det ansvarlege lånet.

Entra Eiendom AS har selt nokre mindre bygg hittil i 2009 og arbeider vidare med å styrke eigenkapitalen gjennom sal av fleire bygg i porteføljen sin. Marknadssituasjonen tilseier at dette er verdiar som bør realiserast over tid, for å sikre best mogeleg forvalting av verdiane staten eig i selskapet. Nærings- og handelsdepartementet følgjer selskapet sitt arbeid med ein gjennomgang av dei finansielle alternativa for Entra Eiendom AS og gjennomføringa av selskapet sin strategi for å styrke eigenkapitalsituasjonen.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 950, post 90 med 1 mrd. kroner, frå 1 mrd. kroner til kr 0.

Kap. 953 Kings Bay AS

Post 70 Tilskot

På statsbudsjettet for 2009 blei det sett av 25 mill. kroner til bygging av nytt kraftverk i Ny-Ålesund, der den gamle kraftstasjonen har vore den største kjelda til forureining. Investeringa i nytt kraftverk i regi av Kings Bay AS var forutsett å gje eit viktig bidrag til å markere Ny-Ålesund som miljøvenleg forskingssenter. Styret i Kings Bay AS informerte departementet i brev av 20. april 2009 om at bygginga av kraftverket mellombels var utsett. Ein gjennomgang av kostnadene for å bygge ny kraftstasjon viser no at budsjettet ville bli overskride, og at drifts- og vedlikehaldskost­nadene ville bli høgare enn kva som opphavleg var vurdert. Nærare undersøkingar viser også at dei positive verknadane som var lagt til grunn for samla utslepp, ikkje ville bli oppnådd. Første tertial 2009 er det utbetalt kr 700 000 i tilknyting til dei opphavlege planane om nytt kraftverk.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 953, post 70 med 24,3 mill. kroner, frå 40 til 15,7 mill. kroner.

Kap. 960 Raufoss ASA

Post 71 (ny) Refusjon for miljøtiltak

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) samtykte Stortinget i at Nærings- og handelsdepartementet kunne utgiftsføre betalingar knytt til pålagte miljøtiltak etter verksemda til Raufoss-gruppa utan løyving på førehand. Ramma for 2009 for miljøgarantiane er 90 mill. kroner totalt. Pr. 1. oktober 2009 var 68,4 mill. kroner av garantiramma utbetalt.

I samband med pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) har fleire private verksemder fått statleg garanti for oppreinsking knytt til forureining på Raufoss. I tråd med pålegga er det blitt gjennomført ei rekkje undersøkingar og oppryddingstiltak. Det meste av oppryddingsarbeidet er ferdig, og sluttrapportar er sendt til og godkjend av SFT. SFT har bede om å få tilsendt supplement til sluttrapporten når dei resterande arbeida i prosjektet er gjennomførte innan 1. mars 2010. Vidare arbeid med einskilde tiltak vil truleg vare ut 2010. Sjølv etter det kan det dukke opp ukjent forureining ved graving eller riving/etablering av bygg. Etter 2010 vil det framleis vere behov for å overvake Hunnselva og følgje opp drift av einskilde tiltak.

Fram til oktober 2009 hadde departementet refundert om lag 8,3 mill. kroner for kostnader knytt til pålagte, utførte miljøtiltak i 2009. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare om lag 3,3 mill. kroner til utbetalingar i 2009.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 11,6 mill. kroner under kap. 960, post 71 til refusjonar for 2009.

Kap. 2421 Innovasjon Norge

Post 50 Innovasjon, prosjekt – fond

Endring av rammene for innovasjonslån og landsdekkande garantiar

Gjennom Regjeringa sine tiltakspakker og St.prp. nr. 67 (2008-2009) er rammene til Innovasjon Norge auka vesentleg. Situasjonen i kapitalmarknaden har vore uoversiktleg, og det har vore vanskeleg å anslå kva som ville vere det rette forholdet mellom storleiken på innovasjons­låneramma og ramma for landsdekkande garantiar.

Nærings- og handelsdepartementet vurderer det no slik at det vil vere meir føremålstenleg å endre forholdet mellom ramma for innovasjonslån og ramma for landsdekkande garantiar. På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om å auke ramma for innovasjonslån med 70 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i ramma for landsdekkande garantiar. Det er allereie løyvt midlar til tapsavsettingar for garantiane over kap. 2421, post 50. Framlegget krev såleis inga ny løyving til tapsavsettingar. Tapsavsettingar til innovasjonslån og landsdekkande garantiar har same føremål, jf. Forslag til vedtak III og IV.

Post 73 Tilskot til innkjøpskonsortium for kjøp av kraft

I samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 (2008-2009) i vår blei det løyvd 40 mill. kroner til tilskot til innkjøpskonsortium for kjøp av kraft for 2009, jf. Innst. S. nr. 355 (2008-2009). Det viser seg at det kan gå lang tid frå Innovasjon Norge gjer tilsegn om støtte under ordninga til midla kjem til utbetaling. Nærings- og handels­departementet gjer derfor framlegg om å gjere løyvinga overførbar slik at midla òg kan nyttast i seinare år, jf. Forslag til vedtak II.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Innovasjon Norge refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Norge tek opp eller tilbakebetaler eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor hyppig ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolum. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2009 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognosar på innlån og avdrag for resten av året.

Innlån og avdrag har blitt auka i 2009 fordi Innovasjon Norge sine lånerammer er auka og utbetaling av lån med tilhøyrande refinansiering har vore høgare enn det som låg til grunn ved revidering av budsjettet i vår. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handels­departementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2421, post 90 med 6,4 mrd. kroner, frå 35,6 til 42,0 mrd. kroner.

Kap. 2428 Eksportfinans ASA

Post 90 Statlege lån til Eksportfinans ASA, overslagsløyving

Eksportfinans ASA er ein sentral tilbydar av konkurransedyktig finansiering til norsk eksportindustri. Eksportfinans hadde hausten 2008 problem med å få tilgang til langsiktig finansiering. For å sikre norske verksemder tilbod om finansiering av eksportkontrakter, gjorde Regjeringa framlegg om at staten skulle tilby Eksportfinans lån på marknads­vilkår, jf. St.prp. nr. 32 (2009). 18. desember 2008 fatta Stortinget vedtak i tråd med dette, jf. Innst. S. nr. 123 (2008-2009). Det blei deretter inngått ein avtale der staten tilbaud Eksportfinans å låne i statskassa på marknadsmessige vilkår i to år framover.

Løyvinga for 2009 er på 30 mrd. kroner. Eksportfinans har pr. 1. november 2009 ikkje nytta høvet til å ta opp lån. Årsaka er at sal av Kommunekreditt har tilført selskapet kapital, og at det har vore stor aktivitet på innlånssida. Overslaget for det totale innlånet er uvisst, og Regjeringa vil om nødvendig gjere framlegg om løyvingsendring i 2010.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga under kap. 2428, post 90 på 30 mrd. kroner blir sett til 0.

Kap. 2460 Garanti-instituttet for eksportkreditt

Post 91 (ny) Utbetaling i flg. trekkfullmakt – garanti­ordninga for byggelån til skipsbyggingsindustrien

Trekkfullmakta inneber at Garanti-instituttet for eksportkreditt (GIEK) kan låne i statskassa dersom erstatnings­utbetalingar under garantiordninga for byggelån til skipsbyggingsindustrien overstig bankinnskota til ordninga.

Stortinget utvida trekkfullmakta for garantiordninga for byggelån med 200 mill. kroner i juni, frå 400 til 600 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009). Årsaka var at verftsnæringa møtte store utfordringar og uvisse knytt til fleire engasjement GIEK er involvert i.

GIEK tok i mai 2009 opp eit lån i statskassa på 104 mill. kroner for å dekke erstatnings­ansvaret knytt til eit verft som gjekk konkurs i 2009. Lånet skal tilbakebetalast når fordringane som følgje av erstatning heilt eller delvis er dekt inn og eventuelt gjennom premie­inntekter frå garantiordninga. GIEK arbeider med gjenvinning av delar av erstattings­kravet gjennom realisering av aktiva i konkursbuet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving under kap. 2460, ny post 91 på 104 mill. kroner.

Kap. 3903 Norsk Akkreditering

Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter

Det har vore større auke i Norsk Akkreditering si verksemd i 2009 enn venta. Dette har ført til at etaten vil få høgare inntekter knytt til akkrediteringsverksemd.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3903, post 01 med 5 mill. kroner, frå 19,3 til 24,3 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 903, post 01.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Gjennom Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009) blei gebyrinntektene til Brønnøysundregistra justert ned med 125 mill. kroner. Etter ein periode med nedgang fekk Brønnøysundregistra i 2. kvartal auka aktivitet i mellom anna Lausøyreregisteret. Gebyrinntektene i Brønnøy­sundregistra vil derfor bli høgare enn anslaga som låg til grunn for løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904, post 01 med 35 mill. kroner, frå 326,3 til 361,3 mill. kroner.

Post 02 Refusjon av oppdragsinntekter og andre inntekter 

Brønnøysundregistra mottek inntekter i form av refusjonar frå eksterne oppdrags­gjevarar for mellom anna drifting av register og for sal av kurs- og konsulenttenester. Som følgje av større etterspørsel etter kurs- og konsulenttenester og generelt høgare aktivitet i registra, har oppdragsinntektene blitt større enn berekna. Det er venta at oppdrags­inntektene vil auke med 17,2 mill. kroner. Oppdragsinntektene er knytt mot driftsutgiftene under kap. 904, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904, post 02 med 17,2 mill. kroner, frå 17,8 til 35 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 01.

Post 03 Refusjonar og inntekter knytt til forvalting av Altinn-løysinga

I samband med at det blei inngått nye kontrakter for Altinn II 1. november 2008, blei rutinene for tenesteeigarane si betaling for bruk av Altinn endra. Tidlegare praksis innebar at leverandøren fakturerte kostnadene for pålogging til kvar tenesteeigar direkte. I det nye avtaleregimet blei Brønnøysundregistra fakturert for kostnadene ved pålogging til alle teneste­eigarane og må i ettertid få refundert desse kostnadene. Dei samla refusjonane er budsjettert til 40 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904, post 03 med 40 mill. kroner, frå 0,1 til 40,1 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 22.

Kap. 3907 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og offshoreinstallasjonar i NOR

Løyvinga omfattar førstegongsgebyr, årsgebyr, gebyr for boreplattformar og andre gebyr. På grunn av finansuroa og generell konjunkturnedgang er det bestilt færre skip og ombyggingar av farty ved norske verft enn det var lagt til grunn for inntektsløyvinga i saldert budsjett. Dette inneber at det blir redusert innbetaling av førstegongs­gebyr frå kontroll av nybygg/byggeprosjekt. På grunnlag av innbetalte gebyr hittil i år og prognose for innbetaling i resten av året reknar Sjøfarts­direktoratet med at det blir ein svikt i gebyrinntekta under posten på om lag 3,5 mill. kroner på årsbasis.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga under kap. 3907, post 01 med 3,5 mill. kroner, frå 134,3 til 130,8 mill. kroner.

Post 06 (ny) Gebyr for brot på skipssikkerhetslova (overtredingsgebyr)

På bakgrunn av føresegn i skipssikkerheitslova, jf. Ot.prp. nr. 87 (2005-2006), har Sjøfartsdirektoratet innført gebyr for brot på lova. Føremålet med gebyret er å sikre effektiv handheving av lova. Intensjonen er at påtalemakta ikkje skal tyngast med saker som raskt kan avgjerast av forvaltinga, og som tilsynsstyremakta oppdagar i samband med sin kontroll, til dømes manglande oppfylling av pålegg, krav i føreskrift eller manglande sertifikat. Fleirtalet av sakene gjeld maritime føretak, men nokre er knytt til manglar ved personlege sertifikat. Nærings- og handelsdepartementet legg til grunn eit gjennomsnittleg gebyr på kr 100 000 for føretakssaker og kr 25 000 for personlege sertifikat og at det samla vil bli innbetalt om lag 3 mill. kroner i gebyr i 2009.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei inntekts­løyving på 3 mill. kroner under kap. 3907, ny post 06.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 70 Tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009) blei det løyvd 7,75 mill. kroner som tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette. Innbetalinga heng saman med at staten ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 16 og Innst. S. nr. 71 (2004–2005) Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Nærings og handelsdepartementet, tok over pensjonskrava til tidlegare tilsette i Raufoss-konsernet, mellom anna under føresetnad om at staten skulle ha krav på dividende.

Arbeidet med å avvikle Raufoss ASA har no komme så mykje lenger at det i juni 2009 blei gjennomført nok ei dividendeutbetaling. Dividenden til kreditorane blei sett til 20 pst., og staten mottok 7 752 017 kroner som kreditor i selskapet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3950, post 70 med 7,75 mill kroner, frå 7,75 til 15,5 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Norge

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av høgare lånerammer og høgare utbetalingstakt av lån enn lagt til grunn for budsjetteringa i samband med St.prp. nr. 67 (2008-2009), er det behov for å auke løyvinga vesentleg.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5325, post 90 med 4,2 mrd. kroner, frå 35,1 til 39,3 mrd. kroner.

Kap. 5614 (nytt) Renter frå Garanti-instituttet for eksportkreditt

Post 80 Renter

Garanti-instituttet for eksportkreditt (GIEK) har lånt 104 mill. kroner i statskassa for å dekke erstatningsutbetaling under garantiordninga for byggelån for skip, jf. nærare omtale under kap. 2460, post 91. GIEK skal betale renter av den til ei kvar tid uteståande delen av lånet. Renta er sett til renta for det forvaltingsbedriftene har uteståande med statskassa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving under nytt kap. 5614, post 80 på 1,255 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Norge

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Norge kan ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognoser for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga ned på grunn av lågare rentesatsar enn lagt til grunn for løyvinga i St.prp. nr. 67 (2008-2009).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga under kap. 5625, post 80 blir redusert med 45 mill. kroner, frå 360 til 315 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008-2009) blei løyvinga under denne posten sett ned til 10 983,7 mill. kroner i samla aksjeutbyte frå selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting.

I høve til inneliggande overslag for utbyte er innbetalt utbyte frå selskapa 3 mill. kroner lågare. Dette skuldast hovudsakeleg endringar i utbyte frå Aker Holding AS og Secora AS.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5656, post 85 med 3 mill. kroner, frå 10 983,7 til 10 980,7 mill. kroner.

Orienteringssakar

Inndekking i samband med konkurs i Såkorninvest Innlandet AS

I Prop. S. 1 (2009-2010) orienterte Nærings- og handelsdepartementet om at inndekking av udekte krav til Innovasjon Norge, i konkursbuet til Såkorn­invest Innlandet AS, var venta innan utgangen av 2009. Oppgjeret av buet har tatt lenger tid og saka kan først fremmast for Stortinget i revidert budsjett 2010.

Konklusjon frå ESA om statleg statsstønad til Mesta AS

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) avslutta den formelle granskinga av om Mesta AS tok imot ulovleg statsstønad i samband med etableringa i 2003 ved å fatte vedtak i saka 7. oktober 2009. ESA har konkludert med at Mesta har motteke ulovleg statsstønad, men at dei aller fleste overgangsordningane som blei gitt i samband med etableringa av Mesta ikkje er i strid med statsstønadsregelverket.

ESA har konkludert med at Mesta AS blei overkompensert på overgangskontraktene for drift og vedlikehald av veg med 66,4 mill. kroner. I tillegg har ESA avgjort at enkelte restruktureringskostnader, og vedtaket om å frita Mesta AS for dokument- og tinglysingsavgift, er i strid med statsstønads­regelverket. Kravet om tilbakebetaling for desse fordelane må reknast ut av staten.

Regjeringa må innan 7. desember 2009 avgjere om staten skal akseptere vedtaket eller bringe saka inn for EFTA-domstolen.

Til forsida