Forslag til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Nærings- og handelsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2009 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
903 | Norsk Akkreditering | ||
01 | Driftsutgifter, blir auka med | 5 000 000 | |
frå kr 25 320 000 til kr 30 320 000 | |||
904 | Brønnøysundregistra | ||
01 | Driftsutgifter, blir auka med | 17 200 000 | |
frå kr 243 300 000 000 til kr 260 500 000 | |||
22 | Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast, blir auka med | 62 000 000 | |
frå kr 247 200 000 til kr 309 200 000 | |||
907 | Sjøfartsdirektoratet | ||
01 | Driftsutgifter, blir redusert med | 3 500 000 | |
frå kr 302 700 000 til kr 299 200 000 | |||
909 | Tiltak for sysselsetting av sjøfolk | ||
73 | Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving, blir redusert med | 80 000 000 | |
frå kr 1 810 000 000 til kr 1 730 000 000 | |||
922 | Romverksemd | ||
70 | Kontingent i European Space Agency (ESA), blir auka med | 1 100 000 | |
frå kr 137 500 000 til kr 138 600 000 | |||
71 | Internasjonal romverksemd, blir auka med | 4 900 000 | |
frå kr 278 300 000 til kr 283 200 000 | |||
73 | Galileo, blir auka med | 400 000 | |
frå kr 19 000 000 til kr 19 400 000 | |||
950 | Forvalting av statleg eigarskap | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med | 24 800 000 | |
frå kr 10 700 000 til kr 35 500 000 | |||
90 | Ansvarleg lån, blir redusert med | 1 000 000 000 | |
frå kr 1 000 000 000 til kr 0 | |||
953 | Kings Bay AS | ||
70 | Tilskot blir redusert med | 24 300 000 | |
frå 40 000 000 til 15 700 000 | |||
960 | Raufoss ASA | ||
71(ny) | Refusjon for miljøtiltak, blir løyvd med | 11 600 000 | |
2421 | Innovasjon Norge | ||
90 | Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med | 6 400 000 000 | |
frå kr 35 600 000 000 til kr 42 000 000 000 | |||
2428 | Eksportfinans ASA | ||
90 | Statlege lån til Eksportfinans ASA, overslagsløyving, blir redusert med | 30 000 000 000 | |
frå kr 30 000 000 000 til kr 0 | |||
2460 | Garanti-instituttet for eksportkreditt | ||
91(ny) | Utbetaling iflg. trekkfullmakt – garantiordninga for byggelån til skipsbyggingsindustrien, blir løyvd med | 104 000 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
3903 | Norsk Akkreditering | ||
01 | Gebyrinntekter og andre inntekter, blir auka med | 5 000 000 | |
frå kr 19 300 000 til kr 24 300 000 | |||
3904 | Brønnøysundregistra | ||
01 | Gebyrinntekter, blir auka med | 35 000 000 | |
frå kr 326 300 000 til kr 361 300 000 | |||
02 | Refusjonar, oppdragsinntekter og andre inntekter, blir auka med | 17 200 000 | |
frå kr 17 800 000 til kr 35 000 000 | |||
03 | Refusjonar og inntekter knytt til forvaltinga av Altinn-løysinga, blir auka med | 40 000 000 | |
frå kr 100 000 til kr 40 100 000 | |||
3907 | Sjøfartsdirektoratet | ||
01 | Gebyr for skip og offshoreinnstrallasjoner i NOR, blir redusert med | 3 500 000 | |
frå kr 134 300 000 til kr 130 800 000 | |||
06 (ny) | Gebyr for brot på skipssikkerheitslova (overtredingsgebyr), blir løyvd med | 3 000 000 | |
3950 | Forvalting av statleg eigarskap | ||
70 | Tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidligare Raufoss-tilsette, blir auka med | 7 750 000 | |
frå kr 7 750 000 til kr 15 500 000 | |||
5325 | Innovasjon Norge | ||
90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med | 4 200 000 000 | |
frå kr 35 100 000 000 til kr 39 300 000 000 | |||
5614 | (nytt) | Renter frå Garanti-instituttet for eksportkreditt | |
80 | Renter, blir løyvd med | 1 255 000 | |
5625 | Renter og utbyte frå Innovasjon Norge | ||
80 | Renter på lån frå statskassa, blir redusert med | 45 000 000 | |
frå kr 360 000 000 til kr 315 000 000 | |||
5656 | Aksjar i selskap under NHD si forvalting | ||
85 | Utbyte, blir redusert med | 3 000 000 | |
frå kr 10 983 700 000 til kr 10 980 700 000 |
II
Overførbar løyving
Stortinget samtykker i at løyvinga under kap. 2421 Innovasjon Norge, post 73 Tilskot til innkjøpskonsortium for kjøp av kraft, blir gjort overførbar ved tilføying av stikkordet «kan overførast».
III
Garantifullmakt
Storinget samtykker i at Nærings- og handelsdepartementet i 2009 kan gi Innovasjon Norge fullmakt til å gi tilsegn om nye garantiar for inntil 100 mill. kroner, men slik at totalramma for nytt og gammalt ansvar ikkje overstig 240 mill. kroner.
IV
Lånefullmakt
Stortinget samtykker i at Nærings- og handelsdepartementet i 2009 kan gi Innovasjon Norge fullmakt til å gi tilsegn om nye landsdekkande innovasjonslån innafor ei ramme på 1 470 mill. kroner.