1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I denne proposisjonen fremmar Kommunal- og regionaldepartementet forslag til endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m.
I del I (kapittel 2-8) føreslår departementet å lovfeste ein ny modell for interkommunalt samarbeid i form av ein samkommune. Hovudtrekka ved samkommunemodellen kan summerast opp slik:
Samkommunen er ein frivillig samarbeidsmodell som byggjer på ein avtale mellom deltakarkommunane.
Samkommunen er eit nytt felles interkommunalt forvaltningsorgan som får myndigheit overført frå deltakarkommunane.
Samkommunen er ein eigen juridisk person.
Samkommunen har eit felles overordna styringsorgan (samkommunestyret) vald av og blant kommunestyra i deltakarkommunane (minimum tre frå kvar kommune).
Samkommunestyret opprettar underliggjande organ.
Samkommunen har eigen administrasjonssjef og eigne tilsette.
Samkommunen er indirekte finansiert av deltakarkommunane.
Deltakarkommunane heftar proratarisk for sin del av forpliktingane til samkommunen.
I del II (kapittel 9-13) følgjer departementet opp St.meld. nr. 33 (2007-2008) Eit sterkt lokaldemokrati (lokaldemokratimeldinga) med enkelte forslag for å styrkje lokaldemokratiet ytterlegare. Departementet foreslår å:
Innføre krav om at kommunestyret i kvar valperiode skal vedta nytt delegeringsreglement.
Innføre krav om at kommunestyret i kvar valperiode skal avgjere kven som skal gi innstilling i saker.
Etter initiativ frå Oslo kommune foreslår departementet også å lovfeste ei alternativ føresegn om danning av kommuneråd i kommunar med parlamentarisk styringsform.
Der noko anna ikkje går uttrykkjeleg fram, blir omgrepet ”kommune” frå no av brukt som felles nemning på kommune og fylkeskommune.