1 Innhaldet i proposisjonen
Justis- og politidepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endringar i lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene og lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker mv. Proposisjonen inneheld for det første framlegget i Ot.prp. nr. 102 (2008–2009) som vart sett fram for Odelstinget i den førre sesjonen. Framlegget i Ot.prp. nr. 102 (2008–2009) vart ikkje behandla i den sesjonen. Etter overgangsregelen til endringane i forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden, jf. Innst. S. nr. 288 (2008–2009) punkt 2.4 på side 7-8. I proposisjonen her er det, med den endringa som blir gjort greie for under punkt 2.1, teke inn eit likelydande lovframlegg som i Ot.prp. nr. 102 (2008–2009), jf. lovforslaget del I–IV. For grunngjeving av desse forslaga viser departementet til den proposisjonen.
I tillegg inneheld proposisjonen framlegg om endring i lov 25. juni 1999 nr. 46 om finansavtaler og finansoppdrag (finansavtaleloven), som det er gjort greie for i punkt 2.2, jf. lovforslaget del V.