2 Andre endringar
2.1 Endring av tidspunkt for når endringa i lov om nordisk arrestordre tek til å gjelde
I Ot.prp. nr. 102 (2008–2009) som vart sett fram for Odelstinget i den førre sesjonen, blei det foreslått at alle lovendringane skulle tre i kraft «når Kongen bestemmer». Fordi lovendringa i del IV er forslag om retting av ein feil i ein vedteken lov, foreslår departementet at denne lovendringa trer i kraft straks. Sjå lovvedtaket del V nr. 2.
2.2 Endring av finansavtaleloven
Ved ein inkurie er det i lov 25. juni 1999 nr. 46 om finansavtaler og finansoppdrag (finansavtaleloven) § 30 tredje ledd bokstav e vist til feil heimel for valuteringsdato. Dette vert foreslått retta i proposisjonen her.