5 Økonomiske og administrative konsekvensar
For Brønnøysundregistra
Det er forventa at forenkla signeringskrav fører til at talet på elektroniske meldingar vil auke endå meir. Med fleire elektroniske meldingar blir saksbehandlinga ved Brønnøysundregistra meir effektiv enn i dag.
Meldingane som blir sende elektronisk, blir kontrollerte utan at det er behov for manuell innlegging av data. Meldingane som blir sende inn elektronisk, har ein svært låg feilprosent samanlikna med meldingar som blir sende på papir. Dette kjem av at Brønnøysundregistra i den elektroniske løysinga har bygd inn kontrollar (både logiske og juridiske) som hjelper innsendar med å få meldt riktige opplysningar og med å leggje ved alle nødvendige vedlegg (såkalla intelligente skjema).
Det er gjennomført berekningar i Brønnøysundregistra som viser at om ein oppnår målsetjinga om 95 prosent bruk av elektronisk versjon av samordna registermelding, kan det innebere potensielle innsparingar i Einings- og Føretaksregisteret på ca. åtte årsverk. Effektane vil kome gradvis i takt med at det kjem inn fleire elektroniske meldingar. Elles reknar ein med at forslaget ikkje inneber behov for løyvingar utover dei investeringane som alt er vedtekne i Altinn.
For næringslivet
Generelt er det store forenklingseffektar for næringslivet ved å sende inn meldingar elektronisk framfor på papir. Rambøll har utarbeidd ein rapport på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet om kartlegging og oppdatering av dei administrative kostnadene til bedriftene dersom dei følgjer regelverket. (Sluttrapport frå Rambøll Management Consulting, oktober 2009, om utvikling i dei administrative kostnadene til næringslivet, oppdatering for perioden 2006-2009.) I rapporten viser tal innhenta frå næringslivet at bedriftene har fått redusert kostnadene ved samordna registermelding med 13 prosent i perioden frå 2006 til 2009. Det heng saman med at langt fleire har gått over til elektronisk innrapportering, og at den digitale innrapporteringa har vorte meir effektiv fordi Altinn-løysinga har vorte betre og meir brukarvennleg. I konkrete tal viser Rambølls rapport at næringslivet sparte ca. 80 millionar kroner ved å auke bruken av elektroniske meldingar frå 10 til 24 prosent.
Samla kjem det inn ca. 430 000 meldingar til Einingsregisteret og Føretaksregisteret i året. Av dei vart 45 prosent per mai 2010 leverte elektronisk til Føretaksregisteret og 47 prosent til Einingsregisteret. For 2009 omfatta det drygt 177 000 elektroniske meldingar.
Med ein auke til eit nivå der 95 prosent av innmeldinga skjer elektronisk, vil talet på meldingar som blir leverte elektronisk, auke med omtrent 200 000 meldingar. Med dette potensialet for elektronisk innmelding kan innsparingane for næringslivet bli betydelege på nokre år.
Ved å forenkle underskriftskrava blir det lagt til rette for at fleire vil nytte seg av høvet til å melde opplysningar elektronisk.
Det blir også opna for at retten til å signere meldingar kan delegerast, noko som inneber ytterlegare forenklingar. Dei som bruker rekneskapsførar og/eller revisor, kan delegere til desse å signere og sende inn ei melding på vegner av selskapet. Kvart enkelt føretak treng då ikkje sjølv bruke tid på den typen administrativt arbeid. Profesjonelle partar (som rekneskapsførarar, revisorar og advokatar) opparbeider seg kompetanse og bruker mindre tid på utfylling og innsending enn kvart enkelt selskap som gjer dette sjeldnare.
Det er vanskeleg å gi økonomiske anslag på kva slags gevinstar næringslivet vil hente. Departementet vil likevel gi nokre eksempel som kan illustrere potensialet.
For kvar enkelt verksemd inneber elektronisk innsending betydelege innsparingar både i tids- og pengebruk. Med forenkling av underskriftskrava vil denne tidsbruken bli ytterlegare redusert. Det er berekna at det tek i overkant av to timar (ca. 130 minutt) å gjennomføre papirbaserte melding om endringar av opplysningar til Føretaksregisteret når fleire må signere, mens ein har berekna at det tek drygt 1 ½ time (100 minutt) å registrere kvar elektroniske melding. Dermed vil verksemda spare ½ time per melding. (Rambøll Management Consultings delrapport om utviklinga i dei administrative kostnadene i NHDs «Oppdatering av basismåling 2009 Kartlegging av de administrative byrdene etter SKM-metoden», 4.6.2009.) Med ein timekostnad på 500 kroner blir innsparinga 250 kroner per melding. For nyregistreringar tek manuell registrering 260 minutt (godt over fire timar), mens elektronisk registrering tek 230 minutt, dvs. ei innsparing på ½ time og 250 kroner per melding. Dette er målbare reduksjonar for kvar enkelt bedrift.
Tal frå Føretaksregisteret viser at alle typar føretak vil ha nytte av forenkla underskriftskrav, men det kan variere kor store forenklingane blir. For aksjeselskap, som ifølgje årsmeldinga til Brønnøysundregistra for 2009 utgjer ca. halvparten av dei registrerte einingane i Føretaksregisteret, vil ca. 53 prosent av selskapa få forenklingar med dei nye reglane. 47 prosent av aksjeselskapa som er registrerte i Føretaksregisteret, er registrerte med einestyre. For desse vil forenklinga ligge i moglegheita til å delegere til andre å signere og sende inn melding på vegner av selskapet. For dei andre organisasjonsformene med unntak av norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF) er det prosentvis få som har registrert einestyre. Desse vil derfor få god nytte av regelforenklingane. Tal frå Føretaksregisteret per november 2009 viser at dette gjeld ca. 59 000 registrerte einingar.