1 Innleiing
Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen same dagen.
Avtalen bygger på retningsliner for hamnestatskontroll ved landing av fisk og fiskevarer som tidlegare er vedtatt i FAO, og på system for hamnestatskontroll som allereie er vedtatt og gjennomført for Noreg og våre næraste samarbeidsland etter semje i Den nordøstatlantiske fiskerikommisjon (NEAFC). Avtalen er det første globale bindande instrumentet som er tinga fram på fiskeriområdet sidan 1995, og ventast å bli viktig i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.
I og med at avtalen blir rekna for å vere ei særleg viktig sak, er Stortingets samtykke til ratifikasjon nødvendig i medhald av Grl. § 26, andre leddet.
Avtalen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.