3 Generelt om avtalen
Avtalen byggjer på retningslinjer for hamnestatskontroll ved landing av fisk og fiskevarer som tidlegare vart vedtekne i FAO i 2003. Avtalen byggjer òg på systema for hamnestatskontroll som allereie er vedtekne og gjennomførte for Noreg og dei næraste samarbeidslanda våre etter semje i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjon (NEAFC) og i Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO).
Den nye avtalen rettar seg mot all fisk og i tillegg mot fiskerelatert verksemd. Avtaleteksten kombinerer viktige element som stenging av hamner for svartelista fartøy, mekanismar for å ansvarleggjere flaggstaten ved kontroll i andre land sine hamner og spesifikke minimumsstandardar om informasjonsutveksling, gjennomføring av kontroll, førebyggjande tiltak, opplæring/assistanse og samarbeid. Etter avtalen skal partane krevje at informasjon om fartøy og fangst blir send hamnestaten før fartøyet får tilgang til hamna. Denne informasjonen skal styresmaktene i hamnestaten bruke til å forsikre seg om at fartøyet ikkje har vore involvert i UUU-fiske eller fiskerirelatert aktivitet.
Fiske inkluderer i denne samanhengen ilandføring av fisk eller fiskevarer som ikkje tidlegare har vore landa, men ikkje transport av fisk og fiskevarer som allereie har vore ført i land.
Avtalen forpliktar avtalepartane til å støtte opp om vedtak i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, for eksempel gjennom tiltak mot svartelista fartøy, og legg opp til at fisk ikkje blir landa i hamn i tilfelle der fartøyet sin flaggstat blir kontakta og ikkje kan garantere for at fisken er lovleg fanga. Dette er på linje med tiltak som blir handheva av Noreg i dag.
Det var semje om at avtalen vart vedteken som ein FAO-avtale, under FAO sine system. Avtalen er likevel tilpassa for å gi høve for Taiwan og andre som ikkje er FAO-medlem, som Singapore og Færøyane, til å gjennomføre avtalen innanfor FAO sitt rammeverk.
Avtalen er det første globale bindande instrumentet som er forhandla fram på fiskeriområdet sidan 1995, og det er venta at avtalen får mykje å seie i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.
Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til.