6 Garanti
Fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune gjorde 7. desember 2009 følgjande vedtak:
«Fylkestinget vil gi fylkeskommunal garanti for nødvendige bompengelån til bygging av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune.»
Fylkeskommunen vil komma tilbake til storleiken på garantien. Ein garanti vil kunna gje betre lånevilkår for bompengeselskapet. Storleiken på garantien må vera endeleg vedteken av fylkeskommunen og godkjent av Kommunal- og regionaldepartementet før anleggsstart.