Tilråing
Samferdselsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjera vedtak om utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal i samsvar med eit vedlagt forslag.