1 Innleiing
Den 17. desember 2010 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Liechtenstein om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 10. desember 2010. Overenskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Fyrstedømmet Liechtenstein av koordinator for internasjonale skatteforhandlingar, Dr. Katja Gey. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Etter at avtala har trådd i kraft vil ho få verknad for alle saker frå og med skatteåret 2011.