Prop. 60 S (2010–2011)

Samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Liechtenstein om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris 17. desember 2010

Til innhaldsliste

Tilråing

Finansdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å setje i kraft ein overenskomst mellom Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Liechtenstein om opplysninger i skattesaker, underskriven i Paris 17. desember 2010.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Liechtenstein om opplysningar i skattesaker, underskriven i Paris 17. desember 2010 i samsvar med eit vedlagt forslag.