1 Innleiing
Kommunal- og regionaldepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til bustøtte i 2011 for å dekkje ei ekstra utbetaling til mottakarane. Den ekstra utbetalinga skal vere ei hjelp til å dekkje høge energirekningar for oppvarming av bustaden for dei som har låge inntekter.