5 Framlegg om endringar
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til bustøtte med 318,5 mill. kroner i 2011, frå 3 830 mill. kroner til 4 148,5 mill. kroner, og å auke løyvinga til driftsbudsjettet i Husbanken med 2,0 mill. kroner, frå 320,2 mill. kroner til 322,2 mill. kroner.