3 Nærare om forslaget
3.1 I den maritime lovgjevinga
Departementet føreslår å gi SI ei avgrensa særnamnsmyndigheit slik at dei kan krevje inn uoppgjorte krav med tvang dersom ein ikkje når fram med frivillig innkrevjing av gebyra. Bakgrunnen for dette er omsynet til ei best muleg utnytting av offentlege ressursar og for å effektivisere oppfølginga og innkrevjinga av gebyra. Endringa medfører at det ikkje lenger er Skipsregistera som følgjer opp ubetalte gebyr, men at kravet blir sendt til SI, som følgjer opp saka og tek ansvaret for at gebyret vert innbetalt. Dette medfører redusert arbeidsbyrde for Skipsregistera, samtidig som det er grunn til å tru at innbetalinga av gebyret lettare vil bli gjort når det er SI som står for innkrevjinga. Skipsregistera vil soleis få frigjort ressursar som på ein betre måte kan nyttast til andre oppgåver, i tillegg til at SI på si side har erfaring med innkrevjing og har både ressursar, rutinar og organisering som er tilpassa oppgåva.
Forslaget om å gå over frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling var på høyring hausten 2007 i samband med ny tvistelov. Departementet mottok i den samanheng ingen negative merknadar med omsyn til omlegging til etterskotsbetaling. Spørsmålet om overgang til etterskotsbetaling var eitt av fleire forslag som vart høyrt den gongen, og vart av ymse årsaker ikkje gjennomført saman med sjølve gebyromlegginga. Sidan forslaget til lovendring er ei teknisk endring og berre gjeld den praktiske gjennomføringa av sjølve innkrevjinga av gebyret, meiner departementet at det ikkje er nødvendig eller er tenleg å sende forslaget på alminneleg høyring.
På denne bakgrunn foreslår departementet at det vert teke inn føresegner som gir SI den nødvendige heimelen for tvangsinnkrevjing av uoppgjorte gebyr.
Med omsyn til forslaget om å endre lov om fritids- og småbåter og lov om skipssikkerhet slik at Statens Innkrevingssentral får heimel til tvangsinnkrevjing av tvangsmulkt, vert det vist til Ot.prp. nr. 22 (2008-2009) s. 378.
3.2 I meisterbrevlova
Departementet foreslår å gi SI ei avgrensa særnamnsmyndigheit slik at dei kan krevje inn lovbrotsgebyret med tvang dersom ein ikkje når fram med friviljug innkrevjing av lovbrotsgebyret. Grunngjevinga er omsynet til ei best mulig utnytting av offentlege ressursar og for å effektivisere oppfølginga og innkrevjinga av lovbrotsgebyret. Det inneber ikkje at meisterbrevnemnda gir frå seg myndigheit og overlet til SI å ta avgjer om lovbrotsgebyr skal påleggjast. Det vil framleis vere meisterbrevnemnda som tek avgjer om dette. Forskjellen er at når det er gjort, vert kravet oversendt til SI som følgjer opp saka og tek ansvaret for at gebyret vert innbetalt og tilfell staten. Det gjer at sekretariatet til meisterbrevnemnda ikkje treng å bruke ressursar på dette arbeidet, samstundes som det er grunn til å tru at innbetalinga av gebyret lettare vil bli gjort når det er SI som krev det inn. Nemndas sekretariat vil då få frigjort ressursar som på ein betre måte kan nyttast til å setje meisterbrevnemnda sine avgjerder ut i livet ved marknadsføring og vidareutvikling av meisterbrevordninga. SI på si side har røynsle med innkrevjing og har både ressursar, rutinar og organisering som er tilpassa oppgåva.
På denne bakgrunn foreslår departementet at det vert teke inn ei føresegn som gir SI den nødvendige heimelen for å krevje inn lovbrotsgebyret. Av lovtekniske grunnar finn departementet det mest tenleg at føresegna om SIs rolle vert gitt samla i ein ny paragraf, § 1 a. Forslaget er utforma i tråd med føresegner av same art som er teke inn i fleire andre lover i lovverket for øvrig.