4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Endringane i den maritime lovgjevinga vil ikkje få vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Ved at SI har ansvaret for inndrivinga, vil ressursar i Skipsregistera bli frigjort til nytte for andre administrasjonsoppgåver. Skipsregistera vil måtte betale SI for tenesta dei tilbyr, men registera vil som nemnt få frigjort ressursar, noko som veg opp for desse kostnadene. Det er også grunn til å tru at gebyrinnkrevjing vert gjort opp meir effektivt med SI som innkrevjar enn om Skipsregistera gjer det. For det offentlege elles vil ikkje forslaget medføre nemneverdige konsekvensar.
Endringsforslaget i meisterbrevlova vil heller ikkje få vesentlige administrative og økonomiske konsekvensar. Som nemnt over tilkjem pålagt lovbrotsgebyr statskassen. Ved at SI har ansvaret for inndrivinga vil ressursar i Meisterbrevnemndas sekretariat bli frigjort som kan nyttast på andre områder slik vidareutvikling av meisterbrevordninga m.m. Avhengig av kor mange gebyr som vert kravd inn må Meisterbrevnemnda betale SI for tenesta dei tilbyr. Men sekretariatet vil som nemnt få frigjort ressursar, noko som vil vege opp for desse kostnadene. Det er og grunn til å tru at lovbrotsgebyret vert gjort opp meir effektivt med SI som innkrevjar enn om Meisterbrevnemnda gjer det. For det offentlege elles vil ikkje forslaget føre med seg nemneverdige konsekvensar.
Merknader til lovendringsforslaget
Endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten
Til § 11 sjuande og åttande ledd
Sjuande ledd slår fast at krav på registreringsgebyr og gebyr for utskrifter mm knytt til skip er tvangsgrunnlag for utlegg. Åttande ledd inneber at når SI er pålagt ansvaret for inndrivinga av slike gebyr, så har SI ei avgrensa særnamsmyndigheit på same måte som SI har etter ei rekke føresegner av same art i lovverket elles. Ordlyden i åttande ledd er utforma i tråd med korleis slike føresegner elles i lovverket lyder.
Endringar i lov 12. juni 1987 nr. 48 om Norsk Internasjonalt Skipsregister
Til § 5 andre og tredje ledd
Andre ledd slår fast at krav på registreringsgebyr og gebyr for utskrifter mm knytt til skip registrert i norsk internasjonalt skipsregister er tvangsgrunnlag for utlegg. Tredje ledd inneber at når SI er pålagt ansvaret for inndrivinga av slike gebyr, så har SI ei avgrensa særnamsmyndigheit på same måte som SI har etter ei rekke føresegner av same art i lovverket elles. Ordlyden i åttande ledd er utforma i tråd med korleis slike føresegner elles i lovverket lyder.
Endringar i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter
Til § 41 a femte ledd
Medan § 41 a andre ledd gjer heimel for tilsynsmyndigheitene til å fastsette tvangsmulkt, kan SI i dag ikkje gjere dette på vegne av tilsynsmyndigheitene. Det vert det anledning til ved lovforslaget.
Endringar i lov 16. februar 2007 nr. 9 om skipssikkerhet (skipssikkerheitslova)
Til § 50 fjerde ledd
Skipssikkerheitslova § 50 gir heimel for tilsynsmyndigheitene til å fastsette tvangsmulkt, men SI kan i dag ikkje gjere dette på vegne av tilsynsmyndigheitene. Skipssikkerheitslova § 48 andre ledd slår fast at når SI er pålagt å innkrevje gebyr som nemnt i fyste ledd, kan den drive inn gebyr ved trekk i løn og andre liknande ytingar etter reglane i dekningslova § 2-7. SI kan også krevje inn gebyr ved å stifte utleggspant for kravet dersom panteretten får rettsvern ved registrering i eit register eller ved underretning til ein tredjeperson, jf. panteloven kapittel 5. Det vert det anledning til ved lovforslaget.
Endringar i lov 20. juni 1986 nr. 35 om lov om mesterbrev i håndverk og annen næring
Til § 1a
Første ledd slår fast at krav om pålegg av lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg. Andre ledd inneber at når SI er pålagt ansvaret for inndrivinga av lovbrotsgebyr som nemnt i §1 fjerde ledd, jf. femte ledd, så har SI ei avgrensa særnamsmyndigheit på same måte som SI har etter ei rekke føresegner av same art i lovverket elles. Ordlyden i andre ledd er utforma i tråd med korleis slike føresegner elles i lovverket lyder.