Prop. 87 L (2012–2013)

Endringar i helsepersonellova m.m. (utsending av epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for forslaga

2.1 Innleiing

Føresegnene om teieplikt i helsepersonellova set strenge rammer for i kva høve helsepersonell kan utlevere teiepliktig informasjon. I den typen saker som denne proposisjonen omhandlar, er det snakk om ei avgrensa utlevering av informasjon til helsepersonell som ikkje sjølv skal medverke i vidare yting av helsehjelp til pasienten. Det faktumet at forslaget omfattar bruk av helseopplysningar i samband med læring og kvalitetssikring, taler for at bør vere visse avgrensingar når det gjeld utlevering.

Helse- og omsorgsdepartementet har fått fleire førespurnader frå helsepersonell og personellorganisasjonar som meiner at det er uheldig at læringsarbeid og kvalitetssikring blir gjort vanskeleg på grunn av at reglane om teieplikt i helsepersonellova i dag er snevre når det gjeld utlevering av opplysningar.

Eit eksempel på situasjonar der det ut frå ein lærings- og kvalitetssikringstankegang kan vere ønskjeleg med utlevering av teiepliktige opplysningar, er når ambulansepersonell har frakta ein pasient til sjukehus og etterpå ønskjer å få stadfesta om dei helsefaglege undersøkingane, vurderingane og behandlingstiltaka dei gjorde, var korrekte. Etter gjeldande lovregulering har sjukehuset berre i avgrensa grad høve til å utlevere slike opplysningar. I kapittel 4 i proposisjonen er det teke med fleire eksempel på situasjonar der lærings- og kvalitetssikringsomsyn kan tale for at høvet til å utlevere teiepliktige opplysningar bør utvidast noko.

Når det gjeld fastlegane, skal dei i stor grad få lærings- og kvalitetssikringsinformasjon gjennom at dei får tilsendt epikrisen, jf. nærmare om dette i kapittel 3 i proposisjonen. Tilsvarande gjeld i dei tilfella der den tilvisande legen ikkje er pasienten sin fastlege, men for eksempel legevaktslege eller sjukeheimslege. I desse situasjonane er det derfor berre unntaksvis behov for ytterlegare opplysningar utover det som går fram av epikrisen.

2.2 Nærmare om høyringsnotatet og høyringa

Høyringsnotatet med forslag til lovendringar blei sendt på høyring 14. november 2012 med høyringsfrist 14. januar 2013. Høyringsnotatet blei sendt til desse instansane:

  • Departementa

  • Fylkesmennene

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Riksrevisjonen

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Sametinget

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familieetaten

  • Barneombodet

  • Bioteknologinemnda

  • Datatilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Helsedirektoratet

  • Helseøkonomiforvaltninga (HELFO)

  • Innovasjon Noreg

  • Kreftregisteret

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Medisinsk fødselsregister

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta

  • Nasjonalt råd for spesialistutdanning av legar og legefordeling

  • Noregs forskingsråd

  • Norsk Pasientskadeerstatning

  • Norsk samfunnsvitskapleg datateneste

  • Pasientomboda

  • Pasientskadenemnda

  • Personvernnemnda

  • Politidirektoratet

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • SINTEF Helse

  • Statens autorisasjonskontor for helsepersonell

  • Statens Helsepersonellnemnd

  • Statens helsetilsyn

  • Statens legemiddelverk

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemma

  • Statens strålevern

  • Statsadvokatembeta

  • Teknologirådet

  • Dei regionale helseføretaka

  • Dei statlege helseføretaka

  • Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin (NEM)

  • Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT)

  • Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH)

  • Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk, Midt-Noreg

  • Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk, Nord-Noreg

  • Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk, Sør-Aust Noreg

  • Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk, Vest-Noreg

  • Universiteta

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Oslo politidistrikt

  • Akademikerne

  • Aleris Helse

  • Ambulansepersonellets Yrkesorganisasjon (AMPY)

  • Apotekerforeningen

  • Arbeidsgiverforeningen SPEKTER

  • Bioingeniørfaglig institutt (BFI), NITO

  • Colosseumklinikken AS

  • DELTA

  • Den Norske Advokatforening

  • Den Norske Dommerforening

  • Den Norske Jordmorforening

  • Den Norske Kreftforening

  • Den norske legeforening

  • Det Norske Diakonforbund

  • Diabetesforbundet

  • Drammen private sykehus

  • Fagforbundet

  • Farmasiforbundet

  • Fellesorganisasjonen FO

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon (Finans Norge)

  • Forskningsstiftelsen FAFO

  • Forum for Bioteknologi

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • Fylkesråda for funksjonshemma

  • Gatejuristen – Kirkens Bymisjon

  • Haraldsplass diakonale høgskole

  • Helsetjenestens Lederforbund

  • Human-Etisk Forbund

  • Høgskolane (m/helsefagleg utdanning)

  • Hørselshemmedes Landsforbund

  • Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin

  • Institutt for samfunnsforskning

  • JURK

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa

  • KS

  • Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

  • Landsforeningen for Trafikkskadde

  • Landsorganisasjonen i Noreg (LO)

  • Legeforeningens forskningsinstitutt

  • Legemiddelindustriforeningen

  • Likestillingssenteret

  • Mental Helse Norge

  • MS – Forbundet

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Nasjonalt kompetansesenter for prehospital akuttmedisin – NAKOS

  • Nettverk for private helsevirksomheter

  • Norges Astma- og allergiforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Døveforbund

  • Norges Farmaceutiske Forening

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges kristelige legeforening

  • Norges Røde Kors

  • Norsk audiografforbund

  • Norsk Ergoterapeutforbund

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Forskerforbund

  • Norsk Fysioterapeutforbund

  • Norsk Helse- og velferdsforum

  • Norsk Helsesekretærforbund

  • Norsk Manuellterapeutforening

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Radiografforbund

  • Norsk Redaktørforening

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norsk senter for menneskerettar

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • PARAT

  • PARAT Helse

  • Redd Barna

  • Ressurssenteret for omstilling i kommunene

  • Ringvoll Klinikken

  • Røntgeninstituttenes fellesorganisasjon

  • Senter for medisinsk etikk

  • Senter for sjeldne sykdommer og diagnosegrupper

  • Stiftelsen Organdonasjon

  • Virke

  • Yngre legers forening

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

Helse- og omsorgsdepartementet har fått inn høyringsfråsegner frå desse instansane:

  • Arbeidsdepartementet

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Fylkesmannen i Vestfold

  • Fylkesmannen i Østfold

  • Barneombodet

  • Datatilsynet

  • Helsedirektoratet

  • Helseøkonomiforvaltninga (HELFO)

  • Kreftregisteret

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Noregs forskingsråd

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Statens helsetilsyn

  • Statens legemiddelverk

  • Helse Midt-Noreg RHF

  • Helse Sør-Aust RHF

  • Helse Vest RHF

  • Helse Finnmark HF

  • Oslo universitetssjukehus HF

  • St. Olavs hospital HF

  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF

  • Vestre Viken HF

  • Hedmark fylkeskommune

  • Drammen kommune

  • Oslo kommune

  • Trondheim kommune

  • Apotekforeningen

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Bioingeniørfaglig institutt (BFI), NITO

  • Den norske legeforening

  • Det odontologiske fakultet, Universitetet i Oslo

  • Finans Norge

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • KS

  • Landsorganisasjonen i Noreg

  • Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin

  • Norges Farmaceutiske Forening

  • Norsk Manuellterapeutforening

  • Norsk Psykologforening

  • Norsk Sykepleierforbund

  • Næringslivets hovedorganisasjon

Desse høyringsinstansane har uttalt at dei ikkje har merknader til høyringsforslaget, eller at dei ikkje ønskjer å kommentere høyringsforslaget:

  • Arbeidsdepartementet

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Statens legemiddelverk

  • Forskingsrådet

  • Helseøkonomiforvaltninga (HELFO)

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Finans Norge

  • Landsorganisasjonen i Noreg (LO)

  • Næringslivets Hovedorganisasjon