Tilråing
Helse- og omsorgsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i helsepersonellova m.m. (utsending av epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfestar:
Stortinget blir bede om å gjere vedtak til lov om endringar i helsepersonellova m.m. (utsending av epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.) i samsvar med eit vedlagt forslag.