3 Innføring av nulltoleranse for køyring påverka av andre stoff enn alkohol
3.1 Gjeldande rett
Vegtrafikklova §§ 22 fyrste ledd, jf. 31 fyrste ledd gjer det straffbart å «føre eller forsøke å føre motorvogn» når ein «er påvirket» av alkohol eller «annet berusende eller bedøvende middel». Både forsettlege og aktlause brot vert straffa, jf. vegtrafikklova § 31 fyrste ledd. Vegtrafikklova § 22 fyrste ledd har eit snevrare sakleg verkeområde enn vegtrafikklova § 21 fyrste ledd. Reglane i vegtrafikklova § 21 fyrste ledd rammar den som fører eller freistar å føre «kjøretøy», ikkje berre den som fører eller freistar å føre «motorvogn», jf. vegtrafikklova § 22 fyrste ledd. I tillegg rammar vegtrafikklova sin § 21 fyrste ledd alle tilfelle der ein førar er i ein slik tilstand at han ikkje kan reknast for å vere skikka til å køyre på ein trygg måte. Om tilstanden er forårsaka av alkohol, anna rusande eller bedøvande middel, sjukdom, trøyttleik eller andre omstende er ikkje avgjerande. Når lova sine vilkår er oppfylte, er det i praksis alltid vegtrafikklova § 22 som vert nytta andsynes føring av motorvogn.
Formuleringa «annet berusende eller bedøvende middel» enn alkohol er vidtfemnande og kan i prinsippet tenkjast å omfatte alle stoff med rusgivande eigenskapar som i prinsippet har tilsvarande verknadar som alkohol. Lækjarmiddel underlagt resepttvang er også omfatta, jf. Ot.prp. nr. 77 (1958) og Rt. 1963 s. 411. Sakstilhøve der inntak av stoff har gjort føraren trøytt og uopplagd og med det fått nedsett køyredugleik - og føraren sjølv merkar dette – kan likevel tenkast subsumert under vegtrafikklova § 21 fyrste ledd, jf. s. 294 i Engstrøm, B. (red.) (2004) Vegtrafikkloven og trafikkreglene Kommentarutgave, 4. utg. Oslo, Universitetsforlaget.
For å verte rekna som påverka av andre stoff enn alkohol er det ikkje tilstrekkeleg at føraren har spor av aktuelle stoff i kroppen. Lova stiller krav om at føraren var «påvirket» når han førte eller forsøkte å føre køyretyet. For andre stoff enn alkohol ligg det heller ikkje føre ei konkret lovfastsett grense for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka i vegtrafikklova sin forstand, jf. promillegrensa på 0,2.
Ei alminneleg språkleg forståing av påverknadsomgrepet tilseier at inntaket av rusande eller bedøvande middel må ha forårsaka endringar hjå vedkomande, typisk i høve til evna til å oppfatte omgjevnadane, koordinasjons- og reaksjonsevna, samt reduksjon av den kritiske sansen.
Førearbeida til lovendringa av 1959, som innførte forbodet mot køyring påverka av andre stoff enn alkohol, gir ei viss rettleiing for tolkinga av påverknadsomgrepet, jf. Innstilling III frå Ædruelighetskomiteen av 1947. Under tilvising til nemnde førearbeid oppsummerte og utdjupa Høgsterett i Rt. 2001 s. 882 påverknadsomgrepet gjennom å vurdere lagmannsretten si lovforståing i aktuelle sak:
«Lagmannsretten viser i denne forbindelse til avgjørelsen i Rt-1996-763 og gjengir de elementer i helhetsvurderingen som her ble trukket frem: Foruten blodkonsentrasjonen må «kjøringen, klinisk undersøkelse, tilstand ved pågripelsen, forklaringer av pågrepne og vitner eller andre forhold [...] også peke i retning av påvirkning. Hvor meget som kreves i tillegg, vil avhenge av blodkonsentrasjonen av virkestoffet i det berusende eller bedøvende middel som påvises inntatt.» Lagmannsretten presiserer at det må foretas en individuell vurdering og at det ved denne vurderingen må has «for øyet at rusaktive stoffer virker ulikt med hensyn til påvirkning på forskjellige personer, og at enkelte kan ha opparbeidet toleranse mot påvirkning.» Lagmannsretten har her gitt uttrykk for en korrekt oppfatning av innholdet i veitrafikkloven § 22 første ledd. Jeg nevner at lovens vilkår «påvirket av ... annet berusende eller bedøvende middel» innebærer at inntaket av slike midler må ha ført til nedsettelse av kjøreferdigheten, slik det fremgår av forarbeidene til den tidligere regel i motorvognloven § 17, jf. Innstilling III fra Edruelighetskomiteen av 1947 side 23.»»
Frå dette kan ein slutte at det etter gjeldande rett vert stilt krav om at inntaket av andre rusmiddel enn alkohol må ha medført nedsetjing av køyredugleiken, og at ein gitt blodkonsentrasjon av eit aktuelt stoff ikkje i seg sjølv er tilstrekkeleg til å konstatere påverknad. Avhengig av nivået på konsentrasjonen av stoff i blodet må, med større eller mindre styrke, også andre faktorar peike i retning av at inntaket av rusmiddel har ført til nedsett køyredugleik.
I ovannemnde sak stadfestar Høgsterett at ein også må ta høgde for eventuell påverknadstoleranse vedkomande må ha opparbeida som fylgje av kontinuerleg bruk. For alkohol sin del har ein sidan innføring av promillegrensa på 0,5 i 1936 sett vekk i frå eventuell påverknadstoleranse føraren måtte ha utvikla for alkoholpåverknad.
Regelen etter vegtrafikklova § 22 fyrste ledd gjeld uavhengig av om føraren har innteke illegal narkotika eller om han har innteke lækjarmiddel i medhald av resept. Grunnlaget for og måten inntaket av stoff skjer på kan likevel sjølvsagt ha innverknad på vurderinga av den subjektive skuld, jf. vegtrafikklova § 31 fyrste ledd.
Etter gjeldande rett er det vedkomande sin tilstand under køyringa som er avgjerande. For andre stoff enn alkohol kjem ikkje vegtrafikklova § 22 fyrste ledd til bruk dersom påverknaden fyrst gjer seg gjeldande etter køyringa er over, jf. Rt. 1989 s. 963. Det er dermed ikkje tilstrekkeleg at føraren hadde ei stoffmengde i kroppen som kunne gjere han påverka, slik regelen er for alkoholtilfella.
Tilfelle av køyring med illegal narkotika i kroppen som ikkje kan straffast etter vegtrafikklova, kan straffast etter legemiddellova (lov 4. desember 1992 nr. 132) sitt strafflagde forbod mot bruk av narkotika.
Legemiddellova sitt kapittel VIII om narkotika gir Kongen fullmakt til å avgjere kva for stoff som skal reknast som narkotika. I forskrifta, «narkotikalisten», vert alle stoff som vert rekna som narkotika lista opp.
Legemiddellova § 24 slår fast at utan særskilt løyve til det, er det forbode å bruke narkotika. Dette forbodet rammar alle inntak av narkotika, sjølv dei aller minste målbare førekomstar. Inntak av stoff som er oppførde på narkotikalista er berre lovleg når inntaket skjer i samsvar med gyldig resept. I slike tilfelle vil typisk eit verkestoff som er oppført på narkotikalista vere nytta i eit lækjarmiddel.
Ein må kunne gå ut i frå at det ikkje er rettslege hinder i vegen for at bruksforbodet etter legemiddellova og forbodet mot køyring påverka av andre stoff enn alkohol etter vegtrafikklova kan nyttast i konkurrens. For ei og same hendingsrekkje, typisk inntak av narkotika og påfylgjande føring av motorvogn, kan vedkomande straffast både for brot på legemiddellova sitt bruksforbod og forbodet mot køyring påverka av «annet berusende eller bedøvende middel» enn alkohol. Dei to straffeboda er sett til å verne noko ulike samfunnsinteresser. Den primære grunngivinga for forbodet mot ruspåverka køyring er trafikktryggleiksomsyn.
Ved ny straffelov vert vegtrafikklova § 22 endra slik at likestilling av forsøk med fullbyrda overtreding vert oppheva. Forsøk på ruspåverka køyring vil likevel bli ramma av vegtrafikklova § 22, men då slik at straffri tilbaketreden vil vere mogleg, jf. endring i vegtrafikklova § 31 fyrste ledd, tredje punktum.
Gjeldande vegtrafikklov § 22 andre ledd vert ved ny straffelov endra slik at det særlege skuldkravet «må forstå at det kan bli politietterforsking» vert erstatta med eit krav om grov aktløyse, jf. straffeloven 2005 § 23 andre ledd, ei endring som reelt sett er av meir redaksjonell karakter. Nemnde endringar i vegtrafikklova vil verte sett i kraft parallelt med ikraftsetjing av ny straffelova. For nærare omtale av endringane syner departementet til Ot.prp. nr. 22 (2008-2009).
3.2 Framand rett
3.2.1 Sverige
Den gjeldande svenske forbodsregelen mot køyring påverka av andre stoff enn alkohol vart sett i kraft 1. juli 1999, jf. trafikbrottslagen (1951:649) § 4. Ein kan verte straffa for ruspåverka køyring («rattfylleri») dersom ein køyrer motorvogn etter å ha innteke narkotika omfatta av «narkotikastrafflagen» i så stor mengde at det under eller etter køyringa finst narkotiske stoff i blodet. Det svenske forbodet vert ofte karakterisert som ei nullgrense, men vert likevel modifisert av låge, såkalla «cut-off»-grenser. «Cut-off»-grensene opnar for at ikkje einkvar konsentrasjon av narkotiske stoff i blodet vert ramma av trafikbrottslagen. «Cut-off»-grensene er likevel sette så lågt at narkotikainntaket skal skrive seg fleire dagar attende i tid før restkonsentrasjonen er så liten at den ikkje vert ramma av forbodet.
Svensk rett gjer unntak for dei som har brukt eit narkotikaklassifisert stoff i medhald av og i samsvar med resept (med korrekt dosering i samsvar med instruks frå lege eller annan med slik fullmakt).
Dersom brotet vert vurdert til å vere grovt, kan vedkomande straffast for «grovt rattfylleri» etter trafikbrottslagen § 4 a. Etter denne regelen vert det gjort ei heilskapsvurdering av om brotet kan reknast som grovt – typisk ved å ta omsyn til om føraren var svært påverka, og om køyringa medførte stor fare for trafikktryggleiken. Sverige har ikkje grenseverdiar til bruk ved vurderinga av om forholdet kan reknast som grovt. Det vert rekna som relativt sjeldan at førarar vert straffa for «grovt rattfylleri» på grunn av narkotikapåverka køyring.
3.2.2 Danmark
Ved endring av færdeselsloven vart det i 2007 innført «nulgrænse» for køyring med rusgivande stoff i blodet under eller etter køyringa. Aktuelle narkotiske stoff vert rekna opp i ei forskrift til færdselsloven. Denne forskrifta med stoff klassifisert som farlege for trafikktryggleiken, tek utgangspunkt i stoff som er tekne inn i den danske narkotikalista.
Det er i utgangspunktet tilstrekkeleg at det finst spor av eit aktuelt stoff i føraren sitt blod. Det vert ikkje stilt krav om påverknad. Forskrifta til færdselsloven som reknar opp aktuelle stoff inneheld likevel såkalla «cut-off»-verdiar. Som i svensk rett, inneber desse «bagatellgrænsene» at «ubetydelige restkoncentrasjoner» av stoff, så små at dei ikkje kan influere på føraren si evne til å føre køyretyet, ikkje vert ramma av færdselsloven sitt forbod. Førearbeida til lovendringa gir uttrykk for at grensene bør fastsetjast slik at ein kan legge til grunn at aktuell stoffkonsentrasjon gir uttrykk for at føraren har hatt stoffet i blodet gjennom eit visst tidsrom. Etter dansk rett er det resultatet av blodprøveanalysen, med frådrag for eventuell feilmargin knytt til sjølve målinga og analysen av den, som vert vurdert i høve til «bagatellgrænsen».
Færdselsloven § 54 stk. 2 forbyr den som på grunn av påverknad av «oppstemmende eller bedøvende midler eller av lignende årsaker» er ute av stand til å føre køyretyet på ein «fuldt betryggende måte». Straff for brot på denne regelen gir grunnlag for strengare straff enn brot på ovannemnde «nulgrænse». Denne regelen har mykje til felles med forbodet etter gjeldande vegtrafikklov § 22 fyrste ledd.
3.2.3 Andre europeiske land
Mellom anna Finland, Tyskland, Belgia, Frankrike og Sveits har ulike former for nulltoleransetilnærming i si lovgiving. Tyskland, Belgia og Sveits modifiserar ei absolutt nullgrense med ulike såkalla cut-off-verdiar for ulike stoff.
Det ligg ikkje føre EU eller EØS-lovgiving som regulerer ruspåverka køyring. Gjennom handlingsplanar, målsetnadar for betra trafikktryggleik, samt støtte til forsking og utvikling skjer det likevel eit systematisk arbeid i EU for å redusere førekomsten av ruspåverka køyring. Eit større forskingsprosjekt i EU-regi, DRUID-prosjektet, som Noreg støttar økonomisk og med fagkompetanse frå FHI og TØI, arbeider mellom anna med å dokumentere den negative effekten førarar påverka av rusande eller døyvande middel har for trafikktryggleiken.
3.3 Arbeidsgruppa sitt framlegg
I sin rapport gjer arbeidsgruppa framlegg om å innføre lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna for å vere påverka av narkotika. Arbeidsgruppa understrekar at dei faste grensene skal setjast lågt, og karakteriserar forslaget som «basert på et nulltoleranseprinsipp».
Konkret vart det gjort framlegg om å innføre eit nytt ledd i vegtrafikklova § 22 med fylgjande ordlyd:
«Har han større konsentrasjon av narkotika i blodet enn grenser fastsatt i forskrift gitt med hjemmel i denne lov eller en slik mengde narkotika i kroppen som kan lede til en slik mengde narkotika i blodet, regnes han i alle tilfeller for påvirket av annet berusende eller bedøvende middel enn alkohol i forhold til bestemmelsene i denne lov. Dette gjelder likevel ikke dersom han har inntatt legemiddel i henhold til og i overensstemmelse med gyldig resept. Slik resept skal medbringes under kjøring. Som narkotika regnes de stoffer, droger og preparater som er ansett å være narkotika etter regler med hjemmel i lov.»
Lovendringsforslaget slår fast at den som overskrid grenser for konsentrasjonar av stoff fastsett i forskrift i alle tilfelle vil verte rekna som påverka i vegtrafikklova sin forstand. Lovteknisk inneber arbeidsgruppa sitt forslag at dei konkrete faste grensene for dei ulike stoffa vil gå fram av forskrift. Arbeidsgruppa foreslår at dei nulltoleransebaserte grensene skal fastsetjast ved forskrift basert på tilrådingar frå ei fagleg rådgivingsgruppe. Dette vil bli nærare omtalt under.
3.3.1 Det prinsipielle grunnlag for innføring av faste grenser basert på nulltoleranse
Om innføring av faste grenser uttalar arbeidsgruppa:
«Kjøring under påvirkning av andre stoff enn alkohol er et betydelig trafikksikkerhetsproblem. Innføring av legalgrenser vil medføre at det ikke lenger skal foretas en individuell vurdering av påvirkningsgrad (herunder eventuell toleranseutvikling). Innføring av et forbud basert på et nulltoleranseprinsipp […] vil innebære en utvidelse av lovforbudets saklige virkeområde. Tilfeller som i dag ikke rammes av forbudet mot ruspåvirket kjøring vil da kunne rammes. En slik endring av rettstilstanden antas å gi en positiv effekt på trafikksikkerheten.»
Arbeidsgruppa sitt forslag inneber at ein ser vekk i frå eventuell individuelt utvikla toleranse for stoffpåverknad hjå føraren:
«I forhold til eventuell individuelt utviklet toleranse for narkotiske stoff, kan arbeidsgruppen i utgangspunktet ikke se at dette bør behandles prinsipielt annerledes enn alkohol. Snarere kan det hevdes at den eventuelt beskyttelsesverdige interessen hos de som har utviklet toleranse etter bruk av illegale rusmidler, er mindre enn hos personer med toleranseutvikling som følge av alkoholbruk.
Arbeidsgruppen mener at derfor at man kun skal ta hensyn til individuell toleranseutvikling når stoff er inntatt i medhold av gyldig resept. For alle andre tilfeller er det arbeidsgruppens syn at toleranseutvikling ikke skal vektlegges.»
Rapporten frå arbeidsgruppa syner også til at ein i alkoholsakene har sett bort i frå slik toleranseutvikling sidan promillegrensa på 0,5 vart innført i 1936.
At ein ikkje vil ta høgde for utvikla påverknadstoleranse opnar i seg sjølv for at ikkje alle som vert ramma at forbodsregelen faktisk har vore påverka i slik grad av køyredugleiken har vorte sett ned. Det same gjer forslaget om å setje dei faste grensene svært lågt, basert på eit nulltoleranseprinsipp. I arbeidsgruppa sin rapport vert denne problemstillinga mellom anna omtalt slik:
«Stoff på narkotikalisten har egenskaper som potensielt kan medføre påvirkning, nedsatt kjøreferdighet og økt ulykkesrisiko. Spørsmålet blir om dette i seg selv gir en tilstrekkelig begrunnelse for å straffe kjøring etter inntak av slike stoff. Spørsmålet blir videre om det er tilstrekkelig at det finnes et narkotisk stoff i blodet eller om det må kreves at den aktuelle konsentrasjonen av stoff i blodet i alminnelighet fører til nedsatt kjøreferdighet. […]
Bruk av narkotika er straffbart etter legemiddelloven. Etter gjeldende rett har straff etter vegtrafikkloven for å kjøre med narkotika i blodet sin begrunnelse i at påvirkning i vegtrafikklovens forstand medfører nedsatt kjøreferdighet og dermed økt ulykkesrisiko.
Innføring av et nulltoleranseprinsipp for narkotiske stoff vil innebære at vegtrafikkloven også vil kunne ramme førere som ikke nødvendigvis har vært påvirket slik at kjøreferdigheten var satt ned. En nulltoleranseregel kan derfor ikke begrunnes i at overtredelsen i seg selv alltid medfører økt ulykkesrisiko. […]
Tilsvarende problemstilling gjør seg gjeldende ved promillegrensen på 0,2. De færreste førere med en alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,2 promille vil i særlig grad ha fått nedsatt kjøreferdighet. Ulykkesrisikoen anslås til å ha økt med 3 % ved 0,2 promille, mot 40 % ved 0,5 promille. Lovgiver gikk likevel inn for å senke promillegrensen fra 0,5 til 0,2.[…]
Etter arbeidsgruppens oppfatning vil mange av de samme hensyn som lå bak senkningen av promillegrensen også kunne gjøres gjeldende i forhold til et nulltoleranseprinsipp for annen ruspåvirket kjøring.»
I forlenginga av dette syner arbeidsgruppa til dei tilgrunnliggande omsyna bak senkinga av promillegrensa til 0,2, slik desse er omtala i Ot.prp. nr. 26 (1999-2000), jf. omtalen i kapittel 2.2 over.
For ytterlegare å underbyggje ei lovordning basert på eit nulltoleranseprinsipp uttalar arbeidsgruppa:
«Etter arbeidsgruppens oppfatning vil en lovordning basert på et nulltoleranseprinsipp også i større grad sikre konsekvens og sammenheng mellom reglene for kjøring under påvirkning av alkohol og andre stoff. Det ville være prinsipielt betenkelig å videreføre en lovordning som godtar større grad av narkotikapåvirkning enn alkoholpåvirkning – noe som ville være tilfellet både ved videreføring av den individuelle påvirkningsregelen og ved innføring av en alminnelig påvirkningsregel svarende til 0,5 promille.»
Arbeidsgruppa gir tilkjenne at den også drøfta om det ville vere mogleg og tenleg og innføre ei legalgrense som fullt ut korresponderer med promillegrensa på 0,2:
«En slik grense vil kunne sikre mest mulig sammenheng og konsekvens i lovgivningen, samt representere en «mellomløsning» mellom et nulltoleranseprinsipp og en legalgrense svarende til 0,5. Det vitenskaplige materialet som, for enkelte stoff, gjør det mulig å sette legalgrenser svarende til 0,5 promille, gir imidlertid ikke grunnlag for å sette legalgrenser svarende til 0,2 promille.»
Arbeidsgruppa meiner likevel at låge lovfastsette grenser, basert på ei nulltoleransetilnærming, vil gi ei lovordning som «vil ha mye til felles med» og vere «nært beslektet» promillegrensa på 0,2:
«Med hensyn til inntatt mengde av det aktuelle rusmiddelet og påvirkningsgrad er det liten praktisk forskjell på en overtredelse av promillegrensen på 0,2 og overtredelse av et nulltoleranseprinsipp med minstegrenser. Det skal forholdsvis «lite til» før promillegrensen på 0,2 overskrides. Inntak av én alkoholenhet kan etter omstendighetene være tilstrekkelig. Også kjøring påfølgende dag kan medføre overskridelse av 0,2 grensen. Når det i tillegg sees hen til at inntak av narkotika er forbudt, samt de trafikksikkerhetshensyn en slik regel søker å ivareta, antar arbeidsgruppen at et nulltoleranseprinsipp vil være forenelig med folks rettsoppfatning.»
3.3.2 Nærare om sjølve nivået på grensene og kva for stoff som vert omfatta av nulltoleransetilnærminga
Arbeidsgruppa foreslår at nulltoleransetilnærminga skal modifiserast ved såkalla «minstegrenser». Med «minstegrenser» siktar arbeidsgruppa til ulike grenser for ulike narkotiske stoff, som skal sikre at «loven bare rammer førere med stoffkonsentrasjoner i blod, ved hvilke det kan foreligge mulighet for prestasjonsforringelse». Arbeidsgruppa uttalar at slike minstegrenser også skal forhindre at visse minimumskonsentrasjonar av stoff i blodet, forårsaka av stoffinntak fleire dagar attende i tid vert ramma av vegtrafikklova.
Om kva for stoff som bør omfattast av nulltoleransetilnærminga heiter det:
«Narkotikaforskriften (narkotikalisten) er basert på internasjonale konvensjoner om narkotika (konvensjon av 1961) og om psykotrope stoffer (konvensjon av 1971). Da disse konvensjonene ble vedtatt var innsikten i stoffenes virkning på hjernen begrenset. Felles for stoffene på listen er at de kan lede til rus og at de kan skape avhengighet ved gjentatt bruk. At stoffene kan lede til rus, tilsier med betydelig sannsynlighet at de også vil kunne nedsette kjøreferdigheten.
Etter arbeidsgruppens oppfatning vil alle de stoff som står på listen per medio 2008, kunne redusere kjøreferdigheten og dermed medføre økt ulykkesrisiko ved inntak i rusgivende doser. En lovordning basert på et nulltoleranseprinsipp med minstegrenser vil dermed kunne ta utgangspunkt i narkotikalisten, i forhold til hvilke stoff det kan settes aktuelle minstegrenser for. Etter arbeidsgruppens oppfatning vil det å ta utgangspunkt i narkotikalovgivningen også ha pedagogiske fordeler.
Muligens bør vegtrafikklovens forbud mot ruspåvirket kjøring suppleres med noen flere stoff en de som fremkommer av narkotikalisten. Eksempelvis står Fenazepam ikke på narkotikalisten. Fenazepam er et benzodiazepin som blir benyttet terapautisk i noen østeuropeiske land. Ytterligere to stoff, begge medikamenter, karisoprodol (virkestoff i Somadril) og zopiklon (virkestoff i Imovane mfl.) står ikke på narkotikalisten. Disse to stoffene gir rus, og det er relativt godt dokumentert at de er egnet til å nedsette kjøreferdigheten. Mye taler for å behandle disse stoffene på samme måte som en del andre medikamenter som står oppført på narkotikalisten. Sannsynligvis vil også disse stoffene kunne regnes som narkotika i legemiddellovens forstand via legemiddellovens såkalte derivatregel, jf. narkotikalisten § 2 annet ledd.[…]
Om kva for kriteria som bør leggast til grunn for fastsetjinga av dei konkrete grensene for kvart einskild stoff uttalar arbeidsgruppa:
«Slike målegrenser (LOD [=Limit of Detection] og LOQ [=Limit of Quantification]) vil være avhengig av måleutstyr og laboratoriets kontrollrutiner. Dersom instrumenteringen forbedres, vil grensene i praksis bli lavere. Ulempen er videre at man kan komme til å måle helt ned i de områdene hvor kroppens egne konsentrasjoner befinner seg (for de stoffene der det er aktuelt) og at «grensen» stadig vil kunne endre seg. En slik ulempe gjør seg først og fremst gjeldende ved en LOD-tilnærming. LOD vil alltid være lavere enn LOQ. Et nulltoleranseprinsipp basert på enten LOD eller LOQ kan karakteriseres som egentlige «per se-regler» i den forstand at det allerede ved den minste detekterbare eller målbare konsentrasjonen av et stoff vil være grunnlag for straff. […]
Et nulltoleranseprinsipp med utgangspunkt i LOD anser arbeidsgruppen som lite heldig, fordi man ved denne målegrensen risikerer å kunne fange opp kroppens egne konsentrasjoner av et gitt stoff. Det knytter seg imidlertid også svakheter til en nulltoleranseregel basert på minste målbare konsentrasjon (LOQ). […]
I lys av det sentrale formål med vegtrafikkloven (trafikksikkerhet) mener arbeidsgruppen at straff forutsetter at føreren med stoffkonsentrasjoner i blod, ved hvilke det kan foreligge mulighet for prestasjonsforringelse. Ved å sette grensen lik LOQ vil man kunne fange opp lave og ubetydelige konsentrasjoner, typisk restkonsentrasjoner. Slike konsentrasjoner av narkotika i kroppen vil ikke påvirke kjøreferdigheten. Legemiddelloven gir grunnlag for straff for bruk av stoff som fører til konsentrasjoner helt ned til et stoffs minste detekterbare mengde. Det fremstår som uheldig og lite formålstjenelig å straffe slike forhold etter vegtrafikkloven.
For å sikre at et nulltoleranseprinsipp bare omfatter førere med stoffkonsentrasjoner i blod, ved hvilke det kan foreligge mulighet for prestasjonsforringelse, kan det settes minstegrenser for de enkelte stoff. Minstegrensene vil da for de fleste stoffer settes noe høyere enn LOQ. Slike minstegrenser vil også ha den fordel at grensen ikke endres ved at LOQ blir lavere på grunn av forbedret instrumentering. Minstegrenser til bruk i forbindelse med et nulltoleranseprinsipp vil ligge lavere enn alminnelige påvirkningsgrenser.
Et nulltoleranseprinsipp med minstegrenser vil på mange måter ligge nært opp i mot legalgrensen på 0,2 promille i alkoholsaker. Dette gjelder både i forhold til påvirkningsgrad og ved at begge lovordninger gir et signal til borgerne om at rusmidler og bilkjøring ikke hører sammen.
Et nulltoleranseprinsipp fastsatt ved minstegrenser, vil kreve regulering i både lov og forskrift. Nulltoleranseprinsippet og nødvendig hjemmelsgrunnlag for å gi forskrifter om minstegrenser for de enkelte narkotiske stoff bør fremgå av loven. Minstegrensene for de enkelte stoff bør reguleres i forskrift fastsatt av Samferdselsdepartementet på grunnlag av medisinskfaglige tilrådninger. […]
De aktuelle minstegrenser bør vurderes fortløpende på bakgrunn av den vitenskaplige utviklingen på området. Sverige, Danmark og Tyskland har innført ulike former for nulltoleranseprinsipp i sin lovgivning. Alle disse landene anvender minstegrenser for når nulltoleransegrensen anses overtrådt, jf. eksempelvis det danske justisministeriets «Betænkning om alkohol i utåndingsluft og en nulgrænse for euforiserende stoffer m.v.» nr. 1486 av 2007, kapittel 6.4.3 flg.
Etter dette finner arbeidsgruppen å anbefale at en eventuell regel basert på et nulltoleranseprinsipp først anses overtrådt ved overtredelse av minstegrenser satt i forskrift. Fysiske særegenheter ved den enkelte person, kroppens egen konsentrasjon av et gitt stoff og eventuelle andre forhold som kan tenkes å gi individuelle variasjoner (særlig mht eliminasjonshastigheter for fremmedstoffer), tas det høyde for ved fastsettelsen av minstegrenser for det enkelte stoff.
Sikkerhetsfradrag fra målte konsentrasjoner knyttet til analyseusikkerhet, beregnes av Folkehelseinstituttet som analyserer prøven. Dette er også praksis ved analyse av blodprøver som analyseres i forhold til mistanke om promillekjøring. Ved svar til politiet presiseres det at man i analyseresultatet har tatt høyde for (gjort fratrekk for) analyseusikkerhet.
Til sammen vil ovennevnte forhold gi betryggende sikkerhetsmargin i hver enkelt sak. I forhold til enkelte stoff på narkotikalisten er det likevel slik at det per i dag ikke finnes tilstrekkelig vitenskaplig grunnlag for å sette minstegrenser. Dette gjelder for sjeldne stoff med liten analytisk oppfølgning. For disse stoff vet man for lite om hvilke blodstoffkonsentrasjoner som oppnås etter et gitt inntak. For enkelte svært sjeldne stoff (som i praksis knapt forekommer i vegtrafikksaker) foreligger det per i dag ikke egnede analysemetoder. Dersom et stoff blir mer vanlig i bruk vil dette ofte medføre at det utvikles analysemetoder. For disse stoffene vil man mest hensiktsmessig måtte falle tilbake på en individuell påvirkningsregel.»
3.3.3 Etablering av fagleg rådgivingsgruppe
Som nemnt over gjer arbeidsgruppa framlegg om at dei nulltoleransebaserte faste grensene bør fastsetjast på bakgrunn av tilrådingar frå ei fagleg rådgivingsgruppe:
«En slik rådgivningsgruppe vil typisk kunne uttale seg om legalgrenser de anser treffende for de ulike stoff, det være seg i forhold til en lovordning basert på et nulltoleranseprinsipp med minstegrenser eller en lovordning basert på alminnelige påvirkningsgrenser.
Ved et nulltoleranseprinsipp med minstegrenser bør rådgivningsgruppen også uttale seg om hvilke narkotiske stoff det kan settes minstegrenser for, samt om stoff som ikke står oppført på narkotikalisten har en slik ruseffekt at inntak kan lede til nedsettelse av kjøreferdigheten. Rådgivningsgruppen bør også gi råd i forhold til legalgrenser knyttet til straffutmålingsregler. Den nærmere fastsettingen av legalgrenser for de enkelte stoff vil mest hensiktsmessig skje ved forskrift. På grunnlag av anbefalinger fra denne rådgivningsgruppen vil Samferdselsdepartementet kunne fastsette og gjøre endringer i slike forskrifter.
Representert i en slik referansegruppe vil typisk kunne være Lægeforeningen, Folkehelseinstituttet, Statens legemiddelverk, Helsedirektoratet, og klinisk farmakologiske miljøer ved universitetssykehusene. Referansegruppen vil kunne gi fortløpende tilrådninger til Samferdselsdepartementet. Tilrådningene bør være basert på tilgjengelig vitenskapelig dokumentasjon.»
3.3.4 Unntak frå nulltoleranseregelen for stoff innteke i medhald av resept
Vidare inneber forslaget frå arbeidsgruppa etablering av eit skilje mellom påverknad forårsaka av legemiddel tekne i samsvar med resept, og påverknad etter inntak av illegal narkotika. Arbeidsgruppa foreslår at dei låge lovfastsette grensene («nulltoleranseprinsippet») ikkje skal gjelde for dei som har innteke medikament i samsvar med resept. For desse førarane foreslår arbeidsgruppa at ein vidarefører gjeldande rettstilstand, noko som inneber at desse berre vert straffa dersom inntaket av legemiddel har leia til ein grad av påverknad som har ført til nedsett køyredugleik:
«Per i dag kan man legge til grunn at alle legemidler med ruspotensial er reseptbelagte. Inntak av reseptbelagte legemidler forutsettes å finne sted på bakgrunn av et reelt medisinsk behov. Gyldig resept gjør det lovlig å oppbevare og bruke stoff som står oppført på narkotikalisten, (og som finnes i legemidler). Regler basert på et nulltoleranseprinsipp anvendt på slike tilfeller vil i de fleste tilfeller fremstå som urimelig. I forhold til legemidler inntatt i samsvar med resept, synes det riktig å legge vekt på eventuell individuell toleranseutvikling. For eksempel vil pasienter som får utskrevet morfin mot sterke smerter utvikle en viss toleranse i forhold til stoffets rusgivende egenskaper. Det fremstår som rimelig at bare de tilfeller hvor det etter en individuell vurdering kan legges til grunn at vedkommende sjåfør var påvirket i slik grad at kjøreferdigheten var satt vesentlig ned rammes av loven, jf. gjeldende bestemmelse i vegtrafikkloven § 22 første ledd. Medikamenter med ruspotensial vil oftest være merket med rød varseltrekant. Det innebærer imidlertid ikke et absolutt forbud mot føring av motorvogn.»
Arbeidsgruppa forslår vidare at aktuell resept skal bringast med under køyring.
Elles foreslår arbeidsgruppa nokre redaksjonelle endringar i vegtrafikklova § 22. Det som i dag er fyrste ledd, pluss den nye regelen om nulltoleranse for køyring under narkotikapåverknad, vert foreslått delt opp i fire mindre ledd. Endringane har til formål å gjere meiningsinnhaldet meir tilgjengeleg.
3.3.5 Alternativ tilnærming
Arbeidsgruppa vurderte om ein alternativt skulle gå inn for å fastsette grenser som tilsvarer 0,5 promille. Det vert i den samanhengen framheva at ein berre vil kunne setje grenser svarande til 0,5 promille for eit fåtal stoff. For stoff som ein per i dag, på grunn av manglande vitskapleg grunnlag, ikkje kan setje grenser svarande til 0,5 promille, ville ein måtte innhente sakkunnigfråsegn - og på den bakgrunn vurdere om påverknaden svara til over 0,5 promille. Lovfastsette grensar svarande til 0,5 promille karakteriserar arbeidsgruppa som ein «påverknadsregel». Om det vitskaplege grunnlaget for å setje påverknadsgrenser svarande til 0,5 promille heiter det i arbeidsgruppa sin rapport:
«Per i dag foreligger det en god del dokumentasjon for at det kan innføres alminnelige påvirkningsgrenser som angir hvilke konsentrasjoner i blodet som i alminnelighet vil lede til påvirkning egnet til å sette kjøreferdigheten vesentlig ned (og dermed medføre økt ulykkesrisiko). Dette gjelder for stoffene tetrahdyrocannabinol (THC), benzodiazepiner (herunder flunitrazepam), zopiklon og kanskje også for amfetaminer.
For THC og benzodiazepiner foreligger relativt omfattende dokumentasjon som viser en prinsipiell likhet med alkohol. Tilgjengelig grunnlagsmateriale for å sette alminnelige påvirkningsgrenser for zopiklon og amfetaminer er mindre, men det finnes likevel et ikke ubetydelig grunnlag. For THC og benzodiazepiner er det gjort flere epidemiologiske og eksperimentelle studier som belyser disse stoffgruppenes risikopotensiale i trafikken[…].
Det vil alltid kunne reises spørsmål om det foreligger tilstrekkelig dokumentasjon for å kunne sette alminnelige påvirkningsgrenser. Norge innførte, som første land i verden, en promillegrense på 0,5 i 1936. På det tidspunkt var dokumentasjonen for alkoholens potensielt trafikkfarlige virkninger etter alt å dømme dårligere enn den i dag er for visse rusmidler og medikamenter. Det foregår i dag studier i ulike land som kontinuerlig bidrar til ny viten på området. Disse vil styrke dokumentasjonen for stoffer som allerede i dag antas trafikkfarlige og mest sannsynlig også tilføre ytterlige stoffgrupper til listen over trafikkfarlige stoffer.»
Ved stoffkonsentrasjonar i blodet som medfører ein påverknad svarande til 0,5 promille vil dei fleste personar, med mindre dei har utvikla påverknadstoleranse for stoffet, som regel vere påverka i slik grad at køyredugleiken er sett ned. Ved dei «nulltoleranseprinsipp baserte» lovfastsette grensene som arbeidsgruppa har foreslått, vil ein også ramme førarar som ikkje nødvendigvis har vore påverka i slik grad at køyredugleiken var sett ned, jf, omtale over.
Arbeidsgruppa valde likevel å gå inn for lovfastsette grenser basert på eit nulltoleranseprinsipp. Gruppa la vekt på at ei nulltoleransetilnærming, etter deira vurdering, vil ha større effekt for ålmennprevensjonen enn ein påverknadsregel med faste grenser svarande til 0,5 promille, jf. at forbodsregelen får større sakleg verkeområde og med det kan seiast å bli innskjerpa. Arbeidsgruppa meiner ei nulltoleransetilnærming verkar meir tilgjengleg. Det vert framheva at ein nulltoleranseregel tydeleg vil markere at narkotika og føring av motorvogn ikkje høyrer saman, samt forhindre køyring med låg grad av påverknad – gjerne som fylgja av at det vert «spekulert» i at eit lågt stoffinntak vil vere mogleg utan å gå utover grensa.
Det vert også lagt vekt på at dei låge nulltoleransebaserte grensene vil samsvare mest med promillegrensa på 0,2. Arbeidsgruppa karakteriserar det som «prinsipielt betenkelig» dersom ein skulle halde fram med å vidareføre ei lovordning som godtek større grad av narkotikapåverknad hjå sjåførar enn alkoholpåverknad. Gruppa gir også uttrykk for å ha lagt noko vekt på at ein i Sverige, Danmark og Finland allereie har innført regelverk som kan seiast å vere basert på ein nulltoleransetilnærming.
3.4 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine generelle vurderingar
3.4.1 Generelt
Ingen av høyringsinstansane sette fram innvendingar til arbeidsgruppa sitt framlegg om å innføre lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna for å køyre under påverknad av alkohol. Alle høyringsinstansane som uttalte seg om spørsmålet støtta arbeidsgruppa sitt forslag om innføring av lovfastsette grenser. Dei aller fleste støtta også forslaget om å setje desse grensene lågt, basert på eit nulltoleranseprinsipp, jf. omtalen over.
Eit fåtal høyringsinstansar hadde likevel merknader til kva nivå desse grensene bør setjast på. Nokre få høyringsinstansar hadde også kritiske synspunkt på arbeidsgruppa sine forslag om å skilje mellom illegal narkotika og reseptføreskrivne medikament, og forslaget om å krevje at førarane i sist nemde gruppe skal ha med seg resept under køyring.
Samferdselsdepartementetvil i all hovudsak fylgje opp arbeidsgruppa sitt forslag. Ulike sider av endringsforslaget vil verte handsama i det fylgjande.
Før den vidare handsaminga av forslaget finn departementet grunn til å setje fram nokre generelle merknader relatert til kombinasjonsrus. Ulike tilfeller av kombinasjonsrus utgjer ein monaleg del av saksmengda – det vere seg alkohol i kombinasjon med eitt eller fleire andre stoff, eller kombinasjonar av andre stoff enn alkohol. Dersom ein mest mogleg nøyaktig skal fastslå graden av påverknad ved eit kombinasjonsrustilfelle, må ein innhente fråsegn frå sakkunnige. Sakkunnige vil i slike tilfelle gjere ei vurdering av den samla påverknaden. Innføringa av lovfastsette grenser for narkotiske stoff vil likevel i dei aller fleste saker innebere at blodprøveanalyseresultatet vil gi tilstrekkeleg bevismessig grunnlag for straffereaksjon. Dersom eitt av stoffa i kombinasjonsrustilfellet overstig den føreslegne nulltoleransebaserte legalgrensa for narkotiske stoff og/eller promillegrensa, vil tilhøvet bli ramma av lova og vere grunnlag for straffereaksjon. Det vil i kvart einskild tilfelle måtte vere opp til påtalemakta å vurdere - på bakgrunn av analyseresultatet og andre omstende i saka - om tilhøvet er av ein slik karakter at sakkunnigerklæring bør innhentast. Ved tilfeller av kombinasjonsrus som involverer alkoholpåverknad, må påtalemakta i dag gjere tilsvarande vurdering av om sakkunnigerklæring skal innhentast eller om saka skal avgjerast på grunnlag av alkoholkonsentrasjonen. Departementet poengterer at prinsipielt bør alle tilfelle av ruspåverka køyring få ei passande straff som står i høve til graden av ruspåverknad, kva fare køyringa har medført og andre relevante omstende i saka.
Arbeidsgruppa gav uttrykk for at ordninga med nulltoleransebaserte faste grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka, også bør kunne ramme stoffa fenazepam, zopiklon og karisoprodol – trass i at desse stoffa ikkje står på narkotikalista. Frå arbeidsgruppa si side vart det peikt på at desse stoffa gir rus og at det er relativt godt dokumentert at inntak av desse stoffa kan medføre nedsett køyredugleik. Arbeidsgruppa har gitt uttrykk for at dei finn det sannsynleg at desse stoffa kan reknast som narkotika via den såkalla derivatregelen gitt i narkotikalista § 2 andre ledd. Departementet finn det ikkje naudsynt å ta stilling til om desse stoffa kan reknast som derivat, jf. narkotikalista § 2 andre ledd. Sjølv om avgjersla frå nokre hald haustar kritikk, illustrerer Høgsterett si handsaming og tolking av derivatomgrepet i Rt. 2009 s. 780, at derivatomgrepet kan gi utfordringar.
Gjeldande vegtrafikklov § 22 rammar påverknad forårsaka av rusgivande og døyvande stoff som ikkje kan reknast som narkotika i medhald av narkotikalista, jf. bruken av formuleringa «berusende eller bedøvende middel». Det kan i den samanhengen synast til Engstrøm s. 293-294 med tilvisingar til rettspraksis. Til dømes vil ein etter gjeldande rett kunne verte straffa etter vegtrafikklova § 22 fyrste ledd dersom ein er påverka av ovannemnde stoff, fenazepam, zopiklon og karisoprodol.
Etter departementet sitt syn bør difor lova opne for at ein set nulltoleransebaserte faste grenser for alle «berusande eller bedøvande middel». Om stoffet kan reknast som narkotika i medhald av legemiddellova § 22 eller ikkje, bør ikkje i seg sjølv vere avgjerande. Ein bør søke å setje nulltoleransebaserte faste grenser for alle stoff med ruspotensiale som ein med fagleg forankring kan legge til grunn har potensiale til å medføre nedsett køyredugleik. Ved den nærare vurderinga av kva for stoff ein ved forskrift kan setje slike nulltoleransebaserte faste grenser for, vil det likevel vere naturleg å ta utgangspunkt i stoff som vert rekna som narkotika i medhald av legemiddellova. Ein bør søke å setje faste nulltoleransebaserte grenser for alle rusande/døyvande middel som førekjem mellom motorvognførarar i vegtrafikken. Særleg bør det prioriterast å etablere faste grenser for dei stoffa som førekjem mest hyppig mellom førarar i vegtrafikken.
3.4.2 Nivået på dei lovfastsette grensene
Advokatforeningen støttar forslaget om å innføre lovfastsette grenser, men uttalar at «hensynet til påvirkningstoleranse må ivaretas ved at man ikke setter legalgrensene for lave». Vidare gir Advokatforeningen uttrykk for at lova berre bør ramme førarar med slike stoffkonsentrasjonar i blodet at det «ut fra sikre vitenskaplige konklusjoner foreligger mulighet for prestasjonsforringelser og nedsatt kjøreferdighet». Advokatforeningen meiner at ein også utanfor «resepttilfella» bør legge vekt på eventuell individuell toleranseutvikling som fylgje av stofftilvenning, og ynskjer ei lovfesting av dette.
Advokatforeningen har «vanskelig for å se […] at man kun skal foreta en sakkyndig vurdering for å avdekke eventuell påvirkningstoleranse dersom det aktuelle stoffet er foreskrevet ved resept, men man skal se bort fra slik toleranse, og således ikke foreta noen sakkyndigutredning, dersom stoffet er skaffet til veie på annen måte. Det er aktuell påvirkning og nedsettelse av kjøreferdigheten som man ønsker å ramme, ikke måten stoffet er skaffet til veie på. Ulovlig erverv rammes av andre regler».
Samferdselsdepartementet sluttar seg til arbeidsgruppa si vurdering av kva føresetnadar som bør ligge til grunn for den nærare fastsetjinga av dei lovfastsette grensene for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre stoff enn alkohol etter vegtrafikklova § 22. Departementet er klåre på at ein utanfor tilfella der eit stoff er innteke i medhald av og i høve til resept, innrettar lova slik at ein ser vekk i frå eventuell individuelt utvikla påverknadstoleranse. Det er ikkje forbode å nyte alkohol, likevel har lova sidan 1936, då ein innførde promillegrensa på 0,5, sett vekk i frå eventuell utvikla påverknadstoleranse ved vurderinga av om føraren er påverka i vegtrafikklova sin forstand. Det same er tilfelle med dagens promillegrense på 0,2. Den som overskrid promillegrensa på 0,2 vert straffa etter vegtrafikklova uavhengig av om vedkomande, som fylgje av alkoholbruk, har utvikla slik påverknadstoleranse at vedkomande, med den aktuelle alkoholkonsentrasjonen i blodet, ikkje hadde fått redusert si evne til å føre køyretyet. Dersom ein etter lova skulle halde fram med å ta høgde for eventuell påverknadstoleranse i tilfelle der føraren har ført motorvogn etter ulovleg bruk av narkotika - medan ein ser vekk i frå påverknadstoleranse i saker der føraren har nytta det lovlege rusmiddelet alkohol - ville det kunne hevdast å vere eit paradoksalt mishøve i lovgivinga. Når eit stoff med ruspotensiale er innteke i medhald av og i samsvar med resept, og difor med bakgrunn i eit medisinsk behov, stiller dette seg annleis, jf. omtale i kapittel 4.4.2 under.
Motorførernes Avholdsforbund (MA) tek til orde for ei absolutt nullgrense. I høyringsinnspelet frå MA vert det uttalt at sjølv om dei i store trekk støttar forslaga i rapporten frå arbeidsgruppa, vil dei gå «noe lenger i krav til nulltoleranse […] enn det rapporten legger opp til». MA argumenterer med at «Narkotika er et ulovlig rusmiddel som er forbudt å oppbevare og bruke. Å innføre en annen legalgrense enn 0 for disse rusmidlene i trafikken, vil derfor innebære at man aksepterer en viss bruk av et ulovlig stoff i trafikken, hvilket ville innebære en logisk brist. Legemiddelloven angir […] at det er nok å påvise at vedkommende har brukt slike stoffer. Disse kriteriene bør legges til grunn for vegtrafikklovens definisjon av påvirkning, uansett stoff eller medikament. 0-grensen for narkotiske stoffer fastsettes gjennom lov, ikke gjennom forskrift.»
Riksadvokaten har «merket seg at forslaget som har utgangspunkt om «nulltoleranse», modifiseres ved at det fastsettes minstegrenser med det formål å sikre at loven bare rammer førere med stoffkonsentrasjoner i blodet i slik mengde at det kan foreligge mulighet for prestasjonsforringelse.»
Som synt til over sluttar departementet seg til arbeidsgruppa si vurdering av kva føresetnader som bør ligge til grunn for den nærare fastsetjinga av dei nulltoleransebaserte faste grensene. Bruk av narkotika er forbode etter legemiddellova. Personar som køyrer under påverknad av narkotika vil kunne straffast både etter legemiddellova (for bruk) og etter vegtrafikklova (for køyring i påverka tilstand). Føreliggande lovforslag skjerpar forbodet mot narkotikapåverka køyring ved at verkeområdet for vegtrafikklova § 22 vert utvida. Mange tilfelle av køyring med narkotika i kroppen som det tidlegare ikkje har vore bevismessig grunnlag for å straffe etter vegtrafikklova vil no kunne straffast også etter denne, og ikkje berre etter legemiddellova for bruk av narkotika.
Lovforslaget inneber ei innsnevring av det påverknadsjiktet der ein ikkje har bevismessig grunnlag for å straffe etter vegtrafikklova, men har måtte avgjere saka etter legemiddellova. Låge lovfastsette grenser som foreslått i denne proposisjonen, inneber nulltoleranse i vegtrafikken for ruspåverknad forårsaka av andre stoff enn alkohol. I praksis vil det ikkje vere mogleg å nytte narkotika i tida før køyringa utan å kome i straffeansvar etter vegtrafikklova. Dermed kan ein seie at lovforslaget, ovenfor alle tilhøve med innverknad på trafikktryggleiken, kan karakteriserast som ei nullgrense. I tråd med arbeidsgruppa sitt framlegg finn likevel departementet det tenleg at tilfelle der føraren under og/eller etter køyringa berre har hatt minimale restkonsentrasjonar, forårsaka av stoffinntak kanskje fleire dagar attende i tid, ikkje vert ramma av vegtrafikklova sitt forbod. Departementet legg til grunn at lovfastsette grenser basert på eit nulltoleranseprinsipp, berre vil ramme personar med stoffkonsentrasjonar i blod, «ved hvilke det kan foreligge mulighet for prestasjonsforringelse».
Gjennom fylgjande vurdering syner Statens legemiddelverk å støtte framlegget frå arbeidsgruppa:
«Innføring av grenseverdier for å bedømme om en person er påvirket av narkotiske stoffer er hensiktsmessig. Forslaget som er basert på å innføre «nulltoleranseprinsipp med minstegrenser» kan virke som en god løsning av flere grunner. Regelen har en allmennpreventiv effekt, saksbehandlingstid kan kortes ned og praksis basert på alkoholpåvirkning. Ved å fastsette minstegrenser for hvert enkelt stoff, er arbeidsgruppens intensjon at det skal ramme personer med stoffkonsentrasjoner som kan gi nedsatt evne til å føre motorkjøretøy. Vi stiller oss positivt til en lovordning basert på et nulltoleranseprinsipp med minstegrenser med utgangspunkt i narkotikalovgivningen.»
Legemiddelverket stiller seg likevel noko kritiske til føresetnadane som ligg til grunn for arbeidsgruppa sin intensjon om at dei lovfastsette grensene skal setjast slik at ein forhindrar at svært små konsentrasjonar av stoff i blodet, typisk forårsaka av stoffinntak for fleire dagar sidan, utløyser straffeansvar etter vegtrafikklova:
«Legemiddelverket mener det er utopisk ut fra dagens tilgjengelige data å tilstrebe og ha nulltolleranse med minstegrenser på nivå med 0,2 promille etanol for alle de ulike narkotiske stoffene, samtidig som det skal utelukke stoffinntak flere dager tilbake før den aktuelle kjøringen. Nulltolleranse med minste grense for etanol på 0,2 promille kan ikke sammenlignes med andre stoffer. Etanol har til dels helt forskjellige kinetikk fra disse stoffene, samt at brukerne og bruksmønstre også er vesentlig forskjellige.»
Etter Legemiddelverket si oppfatting må ein difor - for å unngå at restkonsentrasjonar frå fleire dagar attende i tid skal medføre straffeansvar etter vegtrafikklova - setje dei faste grensene høgare enn det dei oppfattar at arbeidsgruppa gir uttrykk for. Legemiddelverket ser det difor som vanskeleg å setje slike minstegrenser i praksis.
Departementet vil understreke at arbeidsgruppa ikkje gir uttrykk for at dei låge nulltoleransebaserte grensene skal setjast svarande til 0,2 promille. Arbeidsgruppa peiker berre på det prinsipielle og pedagogiske poenget, nemleg at slike låge nulltoleransebaserte grenser i praksis vil innebere ei lovordning som har «mye til felles med» promillegrensa på 0,2 promille. Til dømes vil verken promillegrensa på 0,2 eller låge nulltoleransebaserte grenser for andre stoff gi rom for at ein tek rusmiddel før køyring utan å verte ramma av dei lovfastsette grensene. Mellom anna vil begge lovreglane ha til formål å medverke til at ingen spekulerar i mindre stoff- eller alkoholinntak i forkant av køyringa. Legemiddelverket sine merknadar er difor ikkje heilt treffande. Departementet syner vidare til at arbeidsgruppa presiserte at tilgjengeleg vitskapleg materiale per i dag ikkje gjer det mogleg å setje legalgrenser svarande til 0,2 promille, jf. omtale på s. 45 i arbeidsgruppa sin rapport. Det er difor grunn til å understreke at dei nulltoleransebaserte låge lovfastsette grensene ikkje skal fastsetjast svarande til 0,2 promille, men fastsetjast basert på føringane gitt over.
3.4.3 Fagleg rådgivingsgruppe
Som nemnt over gjer arbeidsgruppa framlegg om at dei konkrete grenseverdiane for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre rusande og døyvande stoff bør fastsetjast i forskrift – og at det faglege grunnlaget for ei slik forskrift skal kome frå ei permanent fagleg rådgivingsgruppe sett saman av personar med framtredande medisinsk og rettstoksikologisk fagkompetanse. Departementet sluttar seg til forslaget frå arbeidsgruppa. Det skal presiserast at det ved ein slik konstruksjon vil vere Samferdselsdepartementet som skal fastsetje ei slik forskrift, den faglege rådgivingsgruppa skal berre førestå det faglege grunnlaget.
Departementetser det som ynskjeleg at ei lovordning med faste grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre stoff enn alkohol, kan setjast i kraft så snart som mogleg etter at lovendringa eventuelt er vedteke.
Med atterhald om at Regjeringa og Stortinget skal handsame lovforslaget, har difor departementet sett ned ei slik fagleg rådgivingsgruppe.
Den faglege rådgivingsgruppa er mellom anna gitt mandat til å vurdere kva for stoff som bør omfattast av ei lovordning med faste grenser, og for kvart av desse stoffa, gjere framlegg om konkrete grenser for når ein i alle tilfelle bør reknast som påverka i vegtrafikklova sin forstand. Utveljinga av dei stoff det vert sett faste grenser for, og fastsetjinga av nivå på dei faste grensene skal skje i samsvar med dei føresetnadane som vert lagt til grunn i denne proposisjonen.
Den faglege rådgivingsgruppa vert leia av divisjonsdirektør ved FHI, professor Dr. Jørg Mørland. Gruppa har elles medlemmer frå FHI, NTNU og Norsk forening for klinisk farmakologi (NFKF), Helsedirektoratet og Statens Legemiddelverk.
3.4.4 Unntak frå nulltoleranseregel for stoff innteke i medhald av resept
Det store fleirtalet av høyringsinstansane har ikkje innvendingar til arbeidsgruppa sitt forslag om å gjere unntak frå nulltoleranseregelen for stoff innteke i medhald av resept, og med det vidareføre gjeldande rettstilstand for desse tilfella.
Norges Taxiforbund, Advokatforeningen, Autoriserte Trafikkskolers landsforbund (ATL), Norges Automobil-Forbund (NAF), Den Rettsmedisinske Kommisjon (DRK), Aust-Agder tingrett og Riksadvokaten gir uttrykkeleg uttrykk for støtte til arbeidsgruppa sitt framlegg på dette punkt.
Eit fåtal høyringsinstansar har likevel problematisert nokre sider ved arbeidsgruppa sitt forslag om å etablere eit slikt skilje basert på om bruken av det rusgivande stoffet har vore medisinsk grunngjeve og lovleg eller ulovleg.
FHI uttalar at «Analysestatistikk fra Nasjonalt folkehelseinstitutt viser at påvirkning av andre rusmidler enn alkohol, ikke bare gjelder illegale narkotiske stoffer, men i stor grad også narkotikaklassifiserte legemidler. Det er derfor viktig at arbeidsgruppen foreslår faste påvirkningsgrenser for denne type stoffer og slik at loven ikke bare vil omfatte kun illegale narkotiske stoffer, slik som praktiseres i enkelte andre land.»
Politidirektoratet fryktar at forslaget om å etablere eit slikt skilje vil medføre vanskar i høve til kontrollverksemda. Det vert mellom anna uttalt at det er vanskeleg å sjå føre seg korleis kontrollmannskapa skal kunne avdekke at berre den føreskrivne dosa av legemiddelet er teke og at det ikkje ligg føre innblanding av andre medikament og illegal narkotika.
Politidirektoratet stiller seg vidare tvilande til om dette er eit godt framlegg i trafikktryggleikssamanheng:
«Vi er […]i tvil om forslaget er riktig sett i et trafikksikkerhetsperspektiv. Vi slutter oss til Gudbrandsdal politidistrikt som uttaler: «Inntak av berusende eller bedøvende midler og kjøring hører ikke sammen uansett. Alkohol er et lovlig middel, men her har man skåret igjennom. Risikoen for ulykker med fatale konsekvenser for uskyldige medtrafikanter blir ikke mindre ved bruk av medikamenter foreskrevet av lege».»
MA handsamar ikkje dette spørsmålet uttrykkjeleg, men uttalar likevel at:
«For mennesker som er spesielt avhengige av bestemte medikamenter som kan detekteres av narkometer eller narkoprøver, kan det åpnes for at vedkommendes behandlende lege kan gi skriftlig dispensasjon som må medbringes under kjøring. En slik dispensasjon må ha angivelse av medikament og være betinget av at behandlende lege kan godtgjøre og dokumentere at det spesifikke medikamentet ikke medfører økt risiko i trafikken.»
Samferdselsdepartementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om å vike frå dei lovfastsette grensene i tilfelle der overskridinga av grensa skuldast inntak av reseptføreskrivne lækjarmiddel – noko som for desse tilfella vil innebere ei vidareføring av gjeldande rettstilstand. Som tilfelle er etter gjeldande rett vil dermed køyring under påverknad av reseptføreskrivne lækjarmiddel vere straffbart når det etter ei heilskapsvurdering, bygd mellom anna på fråsegn frå sakkunnige, kan leggast til grunn at medikamentinntaket har ført til nedsetjing av køyredugleiken.
Fylgjeleg er departementet ikkje samde med FHI, Politidirektoratet og MA i at dei faste grensene også bør gjelde uavhengig av om det aktuelle stoffet vert innteke på grunnlag av reseptføreskriving. Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa si grunngiving synt til over.
Låge lovfastsette grenser basert på eit nulltoleranseprinsipp, der ein ser vekk i frå eventuelt utvikla påverknadstoleranse, ville i praksis innebere eit køyreforbod for mange pasientar som på medisinsk grunnlag må nytte ein viss type medisin. Når ein medisin, med korrekt dosering og inntak, ikkje vil medføre nedsetjing av køyredugleiken, finn departementet at det i desse tilfella ville vere urimeleg å straffe køyring som ikkje har medført større ulukkesrisiko. Det lovlege rusmiddelet alkohol, som ein har ei låg lovfastsett grense for, er til samanlikning noko ein nyttar friviljug – føreskrivne medisinar vert brukt med grunnlag i eit medisinsk behov.
Departementet innser at ei vidareføring av gjeldande rettstilstand på dette punktet kan ha uheldige sider, men meiner at eit slik unntak for tilfelle der stoff er innteke etter resept vil gi ein balansert rettstilstand som også varetek omsynet til medisinbrukarar.
Unntaksregelen vil berre gjelde i dei tilfella der vedkomande førar har innteke eit eller fleire reseptføreskrivne medikament i medhald av og i samsvar med resept. Dette inneber til dømes at tilfeller av overdosering eller liknande, ikkje vil vere verna av unntaket. Departementet meiner difor at det kan vere grunn til foreta ei presisering i lovteksta, forslaget til § 22 tredje ledd, som slår fast at unntaksregelen berre gjeld når det etter ei heilskapsvurdering kan oppstillast at det ligg føre årsakssamanheng mellom overskridinga av den lovfastsette grensa og inntak av eitt eller fleire føreskrivne medikament.
Departementet syner til at innføringa av lovheimel for politiet til å foreta hurtigtesting av førarar som vert stogga i trafikkontroll (utan krav til mistanke), vil medverke til at oppdagingsrisikoen vil auke – noko som også vil gjere seg gjeldande andsynes førarar som køyrer under påverknad av reseptføreskrivne medikament.
3.4.5 Skal det stillast krav om at resept skal takast med under køyring?
I kjølevatnet av arbeidsgruppa sitt framlegg om å ikkje la «resepttilfella» vere underlagde dei lovfastsette grensene, gjer arbeidsgruppa framlegg om at aktuell resept skal bringast med under køyring.
FHI, DRK og det medisinske fakultet ved NTNU stiller spørsmål ved kravet om at ein skal ha med seg resept under køyringa. Innvendingane er tufta på praktiske tilhøve, i hovudsak knytt til at reseptar på narkotikaklassifiserte legemiddel vert behalde av apoteket i tre år frå tidspunktet då brukaren hentar ut legemiddelet (reseptgruppe A og B).
FHI uttalar at: «Dette betyr at motorvognførere ikke vil ha noe resept å vise fram hvis de blir stanset av politiet. Det må derfor etableres andre rutiner for hvordan en motorvognfører kan dokumentere at eventuelle påviste A- eller B-preparater i en blodprøve er i henhold til gyldig resept. Som kjent er det også omfattende illegal omsetning av denne type legemidler, slik at det er viktig å etablere et system som ikke kan misbrukes eller forfalskes.»
NTNU ser på framlegget som «uheldig» og meiner at det som går fram av resepten «i alle tilfelle [er] informasjon som kan dokumenteres i ettertid, og det bør være tilstrekkelig».
DRI gjer framlegg om at kravet om å ha med seg resept under køyring vert endra til eit krav om at ein skal kunne syne fram «dokumentasjon på foreskriving (inkludert dosering)» innan fastsett tid etter at føraren har vore framstilt for blodprøve.
Som peikt på i høyringa byr arbeidsgruppa sitt forslag mellom anna på praktiske problem som fylgje av at ein per i dag lagrar slike reseptar på apoteket - medisinmottakaren får ikkje sjølv med seg resepten. Dette tilseier at anten må vi la vere å stille krav om at medisinmottakar skal legitimere at han tek føreskrivne medisinar – eller vi må få til ei ordning der mottakarar av føreskrivne medisinar kan legitimere dette andsynes politiet, til dømes gjennom framlegging av gjenpart av resepten eller liknande.
Formålet bak forslaget om krav til å bringe med seg resept er ikkje utførleg grunngitt av arbeidsgruppa. Ein må gå ut i frå at det mellom anna er basert på omsynet til den einskilde medikamentbrukar, og situasjonar der han vert mistenkt for ruspåverka køyring – til dømes på grunnlag av at vedkomande testar positivt ved hurtigtesting. Dersom ein andsynes politiet kan legitimere bruk av rusgivande medikament, vil vidare vurdering og oppfylging av saka frå politiet kunne verke mindre stigmatiserande. Det kan også ha noko føre seg at politiet så tidleg som råd vert klar over at vedkomande nyttar reseptføreskrivne medikament og at han difor kan ha høve til å fråvike nulltoleranseutgangspunktet.
Eventuell framlegging av resept i samband med trafikkontroll bør ikkje vere avgjerande for utfallet av saka. Det vere seg både i høve til den innleiande vurderinga av om ein skal framstille føraren for blodprøve og klinisk lækjarundersøking, til dømes basert på ein positiv hurtigtest, eller den etterfylgjande påverknadsvurderinga på grunnlag av klinisk lækjarundersøking, analyseresultat, sakkunnigvurdering og andre relevante omstende.
Tilgjengelege hurtigtestapparat vil ikkje vere i stand til med stor presisjon å indikere graden av påverknad. Sjølv om føraren nyttar reseptføreskrivne medikament kan det likevel tenkast at vedkomande, til dømes på grunn av at han har overdosert, vert ramma av vegtrafikklova sitt forbod mot ruspåverka køyring. Det ville gi ein trafikktryggleiksmessig uheldig praksis dersom framlegging av reseptliknande dokument normalt skulle leie til at ein positiv hurtigtest ikkje vart fylgt vidare opp.
Når det ligg føre grunn til å tru at vedkomande er påverka i vegtrafikklova sin forstand bør vedkomande framstillast for klinisk lækjarundersøking og blodprøve. Resepten bør difor ikkje vere avgjerande i høve til dei vurderingane som skjer ute på vegen i samband med at føraren har vorte stogga i trafikkontroll.
Departementet innser at det kan rettast innvendingar til ein slik praksis, både relatert til at det vil vere ei belasting for reseptbrukarane å verte framstilt, og relatert til at det kan stillast spørsmål ved om det er god ressursbruk frå politiet si side å skulle framstille reseptbrukarar på denne måten.
Departementet meiner at vektige trafikktryggleiksomsyn tilseier at ein ikkje som hovudregel let vere å framstille reseptbrukarar som testar positivt ved hurtigtesting. Vegkantundersøkingane indikerar at det er fleire førarar som har reseptpliktige medikament i kroppen enn det er førarar som køyrer rundt med ulovleg brukt narkotika eller alkohol i seg. Det kan vidare vere grunn til å tru at minst ein femtedel av desse førarane har slike mengder stoff i kroppen at det forårsakar ein påverknad som er eigna til å setje ned køyredugleiken.
Sjølv om det vert foreslått å gjere unntak frå nulltoleransetilnærminga for tilfelle der medikament er innteke etter resept, bør ein ikkje nødvendigvis la vere å framstille førarar som nyttar reseptføreskrivne medikament, og som testar positivt ved hurtigtesting, for blodprøve og klinisk lækjarundersøking. Ein vil uansett kunne legge fram resept i etterkant av framstillinga. Politiet eller den sikta bør sikrast tilgang til naudsynt dokumentasjon av reseptføreskrivinga. Reseptføreskrivinga vil det sjølvsagt bli teke høgde for ved vurdering av analyseresultatet og ved utarbeiding av den sakkunnige si vurdering.
Etter dette er det departementet si oppfatting at det på noverande tidspunkt er mest tenleg å la vere å stille krav om at førarar som nyttar reseptføreskrivne medikament skal ha resepten med seg under køyringa. Det vil vere tilstrekkeleg at ein eventuelt dokumenterar bruk av reseptføreskrivne medikament i ettertid, jf. grunngiving over. Det skal presiserast at fråvær av eit påbod om å ha med seg resept under køyringa, på ingen måte er til hinder for at den som ynskjer det, har med seg kopi av ein resept eller liknande under køyring.
3.4.6 Presisering i lova av at departementet kan gi forskrifter om dei faste grensene
Samferdselsdepartementet har funne grunn til å gjere ei nærare vurdering av om det i vegtrafikklova § 22 bør takast inn ein kompetansetildelingsregel som presiserar at departementet kan gi forskrifter om ved kva for konsentrasjonar i blodet av kvart einskild stoff ein i alle tilfelle vert rekna som påverka.
Det går klart fram av forslaget til lovtekst at overskriding av dei forskriftsfastsette grensene inneber at vedkomande vert rekna som påverka av anna rusande eller bedøvande middel i vegtrafikklova sin forstand. Ideelt sett burde desse grensene, som promillegrensa på 0,2 gått fram av sjølve lova. Det at ein må fastsetje individuelle grenser for ei stor mengde stoff, kombinert med den utviklinga ein kan forvente innan forsking på området, gjer det likevel lovteknisk lite gunstig at alle grensene skal gå fram av sjølve lova.
Desse omstenda tilseier etter at den fullmakta Stortinget tildeler departementet til å gi slike forskrifter går uttrykkjeleg fram av lovteksten.