6 Tap av føreretten som fylgje av straff for ruspåverka køyring
6.1 Gjeldande rett
Utgangspunktet ved straff for ruspåverka køyring (brot på vegtrafikklova § 22), er at det i same dom eller førelegg skal fastsetjast tap av føreretten for minst eitt år. Dette fylgjer av den tvingande regelen i vegtrafikklova § 33 nr.1 andre ledd, fyrste punktum.
For alkoholsakene sin del vert dette utgangspunktet modifisert gjennom regelen i leddet sitt andre punktum, som slår fast at den tvingande regelen gitt i fyrste punktum, som føreskriv tap av førerett i minst eitt år ved straff for ruspåverka køyring, ikkje gjeld sakstilhøve som fell inn under vegtrafikklova § 31 andre ledd, bokstav a. Regelen i vegtrafikklova § 31 andre ledd, bokstav a gjeld køyring med alkoholkonsentrasjon i blodet til og med 0,5 promille.
For dei såkalla lågpromilletilfella, alkoholkonsentrasjon i blodet til og med 0,5 promille, må ein falle attende på den alminnelege regelen om tap av føreretten, gitt i vegtrafikklova § 33 nr. 1 fyrste ledd, som inneber at det i ein straffedom eller førelegg, kan fastsetjast tap av føreretten «for en bestemt tid eller for alltid».
Med heimel i vegtrafikklova § 33 nr. 1 femte ledd har Justis- og politidepartementet gitt utfyllande reglar om tap av føreretten i forskrift 19. desember 2003 nr. 1660 (tapsforskriften). Formålet bak forskriftsreguleringa er å sikre likehandsaming i saker om tap av føreretten.
I fylgje tapsforskrifta § 3-1 fyrste ledd, skal straff for føring av motorvogn med 0,4 promille eller lågare normalt ikkje medføre tap av føreretten. Andre ledd i same paragraf avgjer at dersom alkoholkonsentrasjonen var mellom 0,4 promille til og med 0,5 promille, bør tap av føreretten fastsetjast til minst 6 månader. Tapsforskrifta gir likevel uttrykk for at reglane i tapsforskrifta § 3-1 fyrste og andre ledd berre er utgangspunkt – skjerpande eller formildande omstende ved den konkrete saka kan grunngi strengare eller mildare reaksjon.
Tapsforskrifta § 3-2 gir reglar om tapstid ved straff for køyring med høgare alkoholkonsentrasjonar i blodet enn 0,5 promille, og for tilfelle der alkoholkonsentrasjonen har vore over 0,5 promille og det gjer seg gjeldande skjerpande omstende. Paragrafane 3-3 og 3-4 i tapsforskrifta utfyller reglane i vegtrafikklova § 33 nr. 1 tredje ledd, om gjenteken promillekøyring. Tapsforskrifta § 3-6 slår fast at dersom person med førerett vert straffa for køyring under påverknad av annan rus enn alkohol, skal tap av føreretten fastsetjast etter retningslinene som gjeld for tap av føreretten ved straff for køyring med alkoholkonsentrasjon høgare enn 0,5 promille, jf. tapsforskrifta § 3-2.
Trass i at tap av føreretten i medhald av vegtrafikklova § 33 nr. 1 vert fastsett i forlenginga av ein straffereaksjon, er tapsreaksjonen formelt sett ikkje rekna som straff. Tapsinstituttet er i hovudsak grunngitt med trafikktryggleiksomsyn, og behovet for å ta trafikkfarlege førarar ut av trafikken. Likevel er det på det reine at tap av føreretten er meint å ha både ein ålmenn- og ein individualpreventiv funksjon. Tap av føreretten kan også oppfattast å ha ein straffeliknande karakter, jf. til dømes drøftingar i Rt. 2002 s.1216 og NOU 1987:11.
6.2 Framand rett
6.2.1 Sverige
Den svenske körkortslagen kapittel 5, § 3 avgjer at føreretten skal dragast inn («återkallast») når førarkorthavaren har brote forbodet mot ruspåverka køyring («rattfylleri» og «grovt rattfylleri»),. Inndragingstida skal vere minst ein månad og høgst tre år. Ved straff for «grovt rattfylleri» skal inndragingstida fastsetjast til minst eitt år, jf. körkortslagen kapittel 5, § 6. Ved straff for køyring med alkoholkonsentrasjon i blodet lågare enn 0,5 promille opnar körkortslagen § 6 for at det berre vert gitt ei åtvaring (i staden for inndraging), når det av særlege grunnar kan reknast som eit tilstrekkeleg tiltak.
6.2.2 Danmark
Færdselsloven § 125 jf. § 126 avgjer at den som gjer seg skuldig i promillekøyring med alkoholkonsentrasjon i blodet lågare enn 1,2 promille vert fråkjent føreretten på vilkår av at han i ei prøvetid på tre år ikkje gjer seg skuldig i vegtrafikkbrot som medfører tap av føreretten. Tilsvarande gjeld for førar som har gjort seg skuldig i brot på den danske nullgrensa for køyring med andre stoff enn alkohol i kroppen, så lenge køyringa ikkje vert rekna som brot på den danske påverknadsregelen i færdselsloven § 54 stk. 2, det såkalla «førerevnekriteriet». Straff for promillekøyring med alkoholkonsentrasjon 1,2 promille eller høgare medfører vilkårslaust tap av føreretten for ei periode på minst tre år. Det same gjeld brot på «førerevnekriteriet» i færdselsloven § 54 stk. 2, når handlinga vert rekna for å ha skjedd under skjerpa omstende. Særleg formildande omstende kan grunngi at brot som normalt medfører vilkårslaust tap av føreretten, likevel berre skal vere gjenstand for «betinget frakendelse», jf. færdselsloven § 126 stk. 2.
6.2.3 Andre europeiske land
I dei fleste andre EU-land, til dømes Finland, Belgia, Tyskland, Spania og Portugal, kan ein tape føreretten ved straff for ruspåverka køyring. Eit gjennomgåande trekk synest å vere at terskelen for tap av føreretten for promillekøyring er høgare enn i Noreg. Fyrst ved dei høgare alkoholkonsentrasjonar i blodet vert det reagert med tap av førerett. Lengdene på tapsperioden spenner relativt vidt, frå få månadar til fleire år. For køyring påverka av andre stoff enn alkohol gir lovgivinga i dei fleste land høve til inndraging av føreretten for omtrent like lang tid som tilfelle er i alkoholsaker. Ein tendens mellom dei landa som har ulike former for nulltoleransetilnærming synest likevel å vere at brot på nullgrensa ikkje automatisk leier til tap av føreretten, men at tap av føreretten fyrst slår inn ved noko høgare påverknad.
6.3 Arbeidsgruppa sitt forslag til lovendringar
6.3.1 Fleirtalet i arbeidsgruppa
Eit fleirtal i arbeidsgruppa tilrår ei vidareføring av prinsippet nedfelt i vegtrafikklova § 33 nr. 1 andre ledd, om at straff for køyring med påverknad frå 0,5 promille og lågare ikkje automatisk skal medføre tap av føreretten. Regelen i vegtrafikklova § 33 nr. 1 andre ledd byggjer mellom anna på det prinsipielle utgangspunkt at ulukkesfaren ved promille under 0,5 er relativt liten samanlikna med ulukkesfaren når promillen er høgare. Fleirtalet i arbeidsgruppa foreslår at tilsvarande tilnærming også bør kome til bruk andsynes køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol, og foreslår difor at straff for køyring påverka av andre stoff enn alkohol fyrst skal medføre tap av føreretten når konsentrasjonen av stoff i blodet har vore høgare enn svarande til 0,5 promille. Terminologisk viser arbeidsgruppa til køyring med påverknad svarande til 0,5 promille eller lågare som køyring med lågpåverknad. Nemninga vert nytta andsynes både køyring påverka av alkohol og andre stoff.
Om det prinsipielle grunnlaget for dette standpunktet skriv fleirtalet i arbeidsgruppa:
«I forlengelsen av arbeidsgruppens forslag om å innføre et nulltoleranseprinsipp for føring av motorvogn etter inntak av narkotika, har arbeidsgruppen drøftet om straff for overtredelse av nulltoleransegrensen som utgangspunkt bør medføre tap av føreretten.
Arbeidsgruppen tar utgangspunkt i lavpåvirkningstilfellene generelt. Arbeidsgruppen ser ikke grunn til å skille mellom alkohol eller andre stoff som årsak til den aktuelle påvirkningen. Grunnlaget for et eventuelt slikt skille måtte i tilfelle være at bruk av narkotika er straffbart og at førerens beskyttelsesverdige interesse av den grunn kan hevdes å være mindre. Arbeidsgruppen kan imidlertid ikke se tilstrekkelig gode grunner til at lavpåvirkning forårsaket av narkotika skal behandles annerledes enn lavpåvirkning forårsaket av alkohol. Påvirkningsgrad og eventuelle andre skjerpende eller formildende omstendigheter ved saken bør være avgjørende for tapstiden, ikke om påvirkningen skyldes alkohol eller annen rus.
Hensyn og synspunkt som begrunner promillegrensen på 0,2 og som langt på vei sammenfaller med de hensyn som begrunner arbeidsgruppens forslag om å innføre et nulltoleranseprinsipp for andre stoff enn alkohol, kan også tilsi at lavpåvirkningskjøring bør kunne medføre et kortere tap av føreretten. Dersom det legges til grunn at kjøring med lavpåvirkning ikke medfører nevneverdig økt ulykkesrisiko, kan det fremstå som inkonsekvent at slik kjøring møtes med straff men ikke med inndragning av førerkort. Videre vil tap av førerett i lavpåvirkningssakene antagelig virke preventivt og dermed sikre en mer effektiv etterlevelse av forbudet mot ruspåvirket kjøring. En del sjåfører vil antagelig ha større «frykt» for å miste «lappen» enn for å bli ilagt en bot i den størrelsesorden som er aktuelt i lavpåvirkningstilfellene. Arbeidsgruppen finner imidlertid at det gjør seg gjeldende vektige innvendinger mot å endre regelverket slik at kjøring med lavpåvirkning som hovedregel vil medføre tap av førerett.
Tap av førerett er en inngripende reaksjon. I utgangspunktet benyttes tapsinstituttet overfor kjøreadferd som anses å kunne medføre aktuell eller potensiell kvalifisert trafikkfare. Dette utgangspunktet ligger også bak sondringen gjennomført i tapsforskriften § 3-1 første ledd jf. annet ledd og vegtrafikkloven § 33 nr. 1 annet ledd jf. første ledd. At det gjennomgående ikke fastsettes tap av førerett ved straff for lavpåvirkning, har bakgrunn i man anser at lavpåvirkningstilfellene normalt sett ikke medfører en vesentlig økning i ulykkesrisiko.»
Fleirtalet i arbeidsgruppa syner vidare til fylgjande fråsegn i Ot.prp nr. 26 (1999-2000) s. 22. «Den fare for uhell som skapes ved en promille under 0,5, er relativt liten i forhold til faren når promillen er høyere. Dette er foran brukt som argument for at straffen i utgangspunktet bør være bøter, og det vil også være relevant ved vurderingen av om førerkortet bør inndras»
Fleirtalet i arbeidsgruppa gjer vidare ei samanlikning med andre brot på vegtrafikklova, og syner til at terskelen for å straffe som regel ligg lågare enn terskelen for tilbakekall av førarkortet:
«Tap av føreretten inntrer som regel først når overtredelsen anses noe mer alvorlig og hvor man i alminnelighet anser at overtredelsen vil kunne medføre større aktuell eller potensiell ulykkesfare. Eksempelvis vil føreretten ikke inndras ved enhver fartsovertredelse. Først når fartsovertredelsen er så vidt betydelig at man anser den potensielle ulykkesfaren som mer nærliggende, vil overtredelsen medføre tap av føreretten. […] I utgangspunktet så rammer tapsinstituttet kjøreadferd som kan anses å medføre kvalifisert trafikkfare. Dersom man som hovedregel skulle inndra førerkortet som følge av straff for lavpåvirkning, ville det kunne hevdes å støte i mot dette bærende utgangspunktet. […]
Dersom tapsinstituttet skal omfatte mindre trafikkfarlig kjøreadferd enn per i dag, bør det etter flertallets mening eventuelt komme som følge av en bredere gjennomgang av tapslovgivningen. Ved en slik gjennomgang av tapsinstituttet må en eventuell senking av terskelen for tap av føreretten også vurderes i forhold til andre overtredelser av vegtrafikklovgivningen.»
Fleirtalet peikar også på at kombinasjonen straffereaksjon og tap av førarkort vil gi ei monaleg total sanksjonsbyrde:
«Videre bør det ved utformingen av regelverket sees hen til den totalbelastning en gitt rettstilstand vil medføre for overtrederen. Etter flertallets oppfatning vil det kunne stilles spørsmål om forholdsmessigheten ved å inndra føreretten som følge av straff for lavpåvirkning».
I forlenginga av dette foreslår fleirtalet at regelen gitt i tapsforskrifta § 3-1 andre ledd vert oppheva. Regelen slår fast at ved promille frå 0,4 til og med 0,5, bør tap av førerett fastsetjast til minst seks månader. Fleirtalet gir uttrykk for at dei finn det uheldig at så vidt marginale ulikskapar i påverknadsgrad skal vere avgjerande for om førarkortet vert inndrege eller ikkje. Det vert vidare trekt fram at prinsippet nedfelt i tapsforskrifta § 3-1 ikkje vil vere direkte overførbart på tilfella av køyring påverka av andre stoff enn alkohol, då det vitskaplege materiale som gjer det mogleg å antyde faste grenser for andre stoff enn alkohol, ikkje gir grunnlag for, med tilstrekkeleg presisjon, å fastslå dei marginale forskjellane som gjer seg gjeldande i påverknadssiktet 0,4 – 0,5 promille.
Fleirtalet modifiserar ovannemnde utgangspunkt ved å gjere framlegg om ei særregulering for dei med førarkortet på prøve, jf. forskrift om førerkort m.m. 19. januar 2004 nr. 298 § 4-2. Det vert foreslått at dei med føreretten på prøve som vert straffa for ruspåverka køyring skal tape føreretten, sjølv om graden av påverknad svarar til 0,5 promille eller lågare. Regelen vert foreslått å skulle gjelde både køyring påverka av alkohol og andre stoff. Det vert foreslått at tapstida skal vere frå tre til seks månader.
Det vert foreslått at vegtrafikklova § 33 nr. 1 andre ledd skal bli gitt fylgjande ordlyd (endringar i kursiv):
Tapet av førerett fastsettes for minst 1 år dersom rettighetshaveren blir ilagt straff for overtredelse av § 22, jf. § 31. Dette gjelder ikke for overtredelser som nevnt i § 31 annet ledd bokstav a, med mindre rettighetshaveren har føreretten på prøve. Blir den som har førerett på prøve ilagt straff for overtredelser som nevnt i § 31 annet ledd bokstav a, fastsettes tap av førerett for inntil ett år.
Om bakgrunnen for dette forslaget uttalar fleirtalet:
«Statistikk viser at motorvognførere som har hatt førerett i relativt kort tid, ofte unge sjåfører, er hyppigere innblandet i trafikkulykker og overrepresentert i forhold til straff for ruspåvirket kjøring og fartsovertredelser.
For eksempel var 30,1 % av de som ble pågrepet for ruspåvirket kjøring i 2007 ungdom under 25 år. Ungdom under 25 år er også overrepresentert i alle former for trafikkulykker, samt til alle tidspunkt på døgnet eller i uken. Statistikken viser samtidig at på kvelds- og nattestid i helgene er ungdom under 25 år særlig utsatt for trafikkulykker.
Arbeidsgruppen har derfor vurdert om disse forholdene tilsier at man for de med føreretten på prøve, likevel som utgangspunkt bør inndra førerkortet ved straff for lavpåvirkning. […]
Etter gjeldende rett er den eneste praktiske forskjell mellom en fører som har føreretten på prøve og andre, at de med føreretten på prøve vil måtte avlegge ny full førerprøve etter tap av føreretten som følge av brudd på trafikale adferdsregler, jf. førerkortforskriften § 4-2. Denne regelen gjelder uten hensyn til tapsperiodens lengde.
I forhold til motorvognfører som har førerett på prøve, kan det hevdes å være spesielt aktuelt og velegnet med foranstaltninger som virker avskrekkende og holdningsskapende for å påvirke denne gruppens adferd i trafikken, jf. redegjørelse over om de hensyn tapsinstituttet ivaretar. Det vises i denne forbindelse til opplysninger om ungdoms overrepresentasjon i forhold til ruspåvirket kjøring og trafikkulykker generelt.
Videre så ligger det i ordningen med førerett på prøve, at føreretten i denne prøveperioden ikke har det samme vern. Dette kommer til uttrykk ved at de som mister føreretten i prøveperioden må ta ny full førerprøve. Vegtrafikkloven § 33 nr. 2 annet punktum åpner for at sjåfører i prøvetid kan få inndratt førerkortet etter færre overtredelser (som kvalifiserer til registrering) enn førere som ikke er i prøvetid. På denne bakgrunn bør det også prinsipielt aksepteres at terskelen for inndragning av føreretten på bakgrunn av enkeltovertredelser senkes. For eksempel i forhold til føring av motorvogn med lavpåvirkning generelt. Som følge av det svakere vern føreretten må sies å ha i prøveperioden kan det vanskelig hevdes at inndragning som følge av straff for lavpåvirkning vil være en uforholdsmessig tyngende reaksjon.»
«Etter flertallets oppfatning begrunner dermed ovennevnte momenter at man for motorvognførere i prøvetid fraviker lovens utgangspunkt. Arbeidsgruppens flertall foreslår at for de med førerett på prøve skal tap av førerett ved straff for lavpåvirkning være lovens utgangspunkt.»
6.3.2 Mindretalet sitt forslag
Eit mindretal i arbeidsgruppa meiner at straff for køyring med lågpåverknad «automatisk» bør leie til tap av føreretten for ei kortare periode på tre til seks månader. Mindretalet foreslår at ein slik regel bør gjelde alle lågpåverknadstilfelle - både lågpromillekøyring og køyring påverka av andre stoff enn alkohol, der påverknaden svarar til 0,5 promille eller lågare:
«Etter mindretallets oppfatning tilsier hensynet til konsekvens og sammenheng i regelverket at når man velger å strafflegge lavpåvirkningstilfellene, så bør straffereaksjonen også lede til tap av føreretten. Mindretallet anser det som inkonsekvent dersom man anser kjøring med lavpåvirkning som staffverdig ut i fra hensynet til trafikksikkerhet, men ikke så trafikkfarlig at det skal lede til tap av føreretten. I den forbindelse påpekes også at tapsinstituttet omfatter trafikal adferd som ikke konkret har medført økt trafikkfare, typisk prikkforskriften, som blant annet begrunnes med allmennpreventive hensyn. Det bemerkes også at faregraden i det øvre sjikt av lavpåvirkningsområdet (for eksempel i området svarende til 0,4 til 0,5 promille) er økende.
Mindretallet mener at det i større grad bør legges vekt på de preventive hensyn som tap av førerett ved straff for lavpåvirkning må antas å ivareta. For mange førere vil tap av føreretten antakelig fremstå som mer avskrekkende enn den bøtereaksjonen som er foreslått som hovedregelen i lavpåvirkningstilfellene (og hovedregelen i lavpromillesaker etter gjeldende rett). Det må derfor antas at tap av føreretten for en kortere periode ved straff for lavpåvirkning vil kunne styrke allmenn- og individualprevensjonen knyttet til straff for lavpåvirkning. Etter mindretallets oppfatning er dette et moment det må kunne legges vekt på, selv om det grunnleggende hensynet bak tapsinstituttet er å ta trafikkfarlige førere ut av trafikken, jf. de hensyn som ligger til grunn for tapsinstituttet.
Videre vil mindretallet fremheve at det gjør seg gjeldende praktiske forhold som trekker i retning av at også lavpåvirkningstilfellene bør lede til tap av føreretten. Etter vegtrafikkloven § 33 nr. 3 kan politiet beslaglegge førerkort når det er skjellig grunn til å tro at en bilfører har gjort seg skyldig i et forhold som kan medføre tap av føreretten. Dersom tap av førerett for lavpåvirkning blir hovedregelen, vil det bli betydelig enklere for politiet å kunne beslaglegge førerkort ved antatt påvirkning av andre rusmidler enn alkohol. Innføres legalgrenser basert på et nulltoleransprinsipp uten at overtredelse (lavpåvirkning) medfører tap av føreretten, vil det i mange tilfeller bli svært vanskelig for politiet å vurdere om førekortet skal beslaglegges. Konsekvenser av dette vil kunne være at politiet lar være å ta beslag i tvilstilfeller, at beslag ikke opprettholdes ved eventuell domstolsprøving og mulige erstatningskrav i saker der føreren senere bare får straff for lavpåvirkning. En slik praksis vil i prinsippet kunne ha negative trafikksikkerhetsmessige konsekvenser.»
6.4 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine generelle vurderingar
Advokatforeiningen, NLF, TL, DRK, Aust-Agder tingrett og Norges Taxiforbund støttar forslaget frå arbeidsgruppa sitt fleirtal om at tap av føreretten for lågpåverknad berre skal gjelde for dei som har førarkortet på prøve.
NMCU er «enige» med fleirtalet i at lågpåverknadstilfella i utgangspunktet ikkje bør leie til tap av føreretten. Dei kommenterer ikkje fleirtalet sitt forslag om særregulering for dei med føreretten på prøve.
Politidirektoratet verkar å støtte arbeidsgruppa sitt fleirtal i at lågpåverknad normalt ikkje bør leie til tap av førerett. Samstundes verkar dei å vere prinsipielt i mot særregulering for dei med føreretten på prøve. I fråsegna frå Politidirektoratet heiter det at dei «bemerker at dersom det skal innføres en regel om tap av førerett ved lavpåvirkning, må en slik regel være begrunnet i kjøreadferd som antas å medføre trafikkfare. Regelverket om tap av førerett bør derfor i utgangspunktet være likt for alle grupper førere. Dersom tap av førerett skal omfatte mindre trafikkfarlig kjøreadferd enn i dag, må det imidlertid foretas en bredere gjennomgang av tapslovgivningen. Som flertallet i arbeidsgruppen påpeker, bør en eventuell senking av terskelen for tap av føreretten også vurderes i forhold til andre overtredelser av vegtrafikklovgivningen. Spørsmålet bør også ses i sammenheng med Samferdselsdepartementets høringsbrev av 20. april 2009, saksnummer 09/1170, om revidering av prikkforskriften, der det er foreslått dobbel prikkbelastning for personer med førerkort på prøve.»
Riksadvokaten uttalar at når lågpåverknadstilfella «normalt ikke medfører noen vesentlig økning i ulykkesrisiko, ser ikke Riksadvokaten et påtrengende behov for utvidelse av ordningen med tap av førerett. En går derfor i mot forslaget både fra gruppens flertall […] og fra mindretallet […].» Med dette støttar dermed Riksadvokaten fleirtalet i arbeidsgruppa sitt prinsipielle utgangspunkt om at lågpåverknad normalt ikkje bør leie til straff, samstundes som at Riksadvokaten går i mot at ein for dei med føreretten på prøve skal vike frå dette utgangspunktet.
ATL, NAF, Politiets Fellesforbund, Trygg trafikk og MA støttar mindretalet i arbeidsgruppa, og ynskjer at også dei som vert straffa for lågpåverknad skal tape føreretten for ei kortare periode.
Samferdselsdepartementet sluttar seg til arbeidsgruppa si oppfatting av at det - også i relasjon til tap av førerett - skal vere graden av påverknad og graden av trafikkfare føraren har utsett seg sjølv og andre for, som skal vere avgjerande, ikkje om vedkomande har vore påverka av alkohol eller andre rusmiddel, jf. tilsvarande prinsipielle tilnærming til straffe- og straffeutmålingsspørsmåla i kapittel 3 og 4.
Innføring av eit nulltoleranseprinsipp for å straffe køyring påverka av annan rus enn alkohol aktualiserar spørsmålet om kvar terskelen skal liggje for at ein også skal miste førarkortet. Ovannemnde prinsipielle utgangspunkt tilseier at ein også drøftar kvar denne terskelen bør ligge når påverknaden skuldast alkohol.
Departementet er samde med fleirtalet i arbeidsgruppa om at straff for lågpåverknad i utgangspunktet ikkje bør leie til tap av føreretten. Departementetsluttar seg også til fleirtalet i arbeidsgruppa si grunngiving for dette.
Sjølv om ikkje forslaget frå fleirtalet i arbeidsgruppa om å oppheve regelen i tapsforskrifta § 3-1 andre ledd medfører lovendringskonsekvensar, finn likevel departementet grunn til å kommentere dette forslaget frå arbeidsgruppa.
Departementet støttar ikkje forslaget om å oppheve regelen i tapsforskrifta § 3-1 andre ledd. Ei oppheving av denne regelen vil kunne bli oppfatta som ei liberalisering – noko departementet meiner vil vere eit feil signal å sende.
Sjølv om tilgjengeleg vitskapleg materiale ikkje mogleggjer at tilsvarande regel som den i tapsforskrifta § 3-1 andre ledd vert fastsett for tilfella av annan rus enn alkohol, tilseier dei prinsipielle utgangspunkta som er trekt opp over, at ein også i sakene der påverknaden skuldast andre stoff enn alkohol – så langt det let seg gjere – nyttar prinsippet nedfelt i tapsforskrifta § 3-1 andre ledd. Dette inneber at dersom analyseresultatet, eventuell sakkunnigerklæring og andre omstende i saka gir grunnlag for å slutte at påverknaden er i siktet frå svarande til 0,4 til og med 0,5 promille, så bør tap av føreretten fastsetjast til minst seks månader.
Departementet sluttar seg til forslaget frå fleirtalet i arbeidsgruppa om å innføre ei særregulering for dei med føreretten på prøve, slik at dei med føreretten på prøve taper føreretten ved straff for ruspåverka køyring, også når grunnlaget for straffereaksjonen er lågpåverknad, jf. omtale over. Departementet stiller seg også bak fleirtalet si grunngiving for forslaget. Departementet synar til at det avgjerande er at ruspåverkinga har skjedd i prøveperioda, det har inga betyding at prøveperioda er over når saka avgjerast. Ei slik regulering vil samsvare med tapsforskriften § 8-4, jf. førerkortforskriften § 4-2.
Ovannemnde forslag om innføring av lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre stoff enn alkohol (vegtrafikklova § 22), straffeskjerpande utmålingsgrenser (vegtrafikklova § 31 andre ledd flg.) og endringar og tilpassingar av tapsinstituttet (vegtrafikklova § 33 nr. 1 andre ledd), inneber behov for nokre endringar i tapsforskrifta. Arbeidsgrupperapporten kapittel 10, s. 52 til 57, omtalar endringsbehovet og innhaldet i endringane.
Til dømes bør det vurderast om ein i tapsforskrifta §§ 3-1, 3-2 og 3-4 skal syne til at tilsvarande grad av påverknad for andre stoff enn alkohol medfører tilsvarande reaksjon. Alternativt vil ein kunne gjere visse tilpassande endringar i tapsforskrifta § 3-6. I samband med det må det avklarast kva for slike grenser for andre stoff enn alkohol det vil vere praktikabelt og vitskapleg forsvarleg å operere med. Det er ikkje umiddelbart gitt at det for dei promillenivåa tapsforskrifta § 3-2 knyt verknadar til (for utmåling av tapstid), kan fastsetjast korresponderande grenser for andre stoff enn alkohol. At ein for nokre viktige stoff kan setje straffeskjerpande utmålingsgrenser i vegtrafikklova § 31 andre ledd flg., inneber ikkje nødvendigvis at ein kan setje grenser som korresponderar med dei intervalla for utmåling av tapsperioden som er å finne i tapsforskrifta § 3-2. Det vil vere prosessøkonomisk lite gunstig å innhente sakkunnigvurdering for å ta stilling til spørsmålet om tap av førerett i sakstilhøve der ein berre på grunnlag av analyseresultatet kan ta stilling til spørsmåla om straff og straffeutmåling. Dette perspektivet bør ein ha for auge ved vurdering av moglege endringar i retningslinene for utmåling av tapsperioden etter tapsforskrifta §§ 3-2 og 3-4.
Justis- og politidepartementet er ansvarlege for tapsforskrifta, og har blitt orienterte om behovet for endringar i tapsforskrifta som føreslegne endringar i vegtrafikklova medfører. Samferdselsdepartementet og Justis- og politidepartementet vil vidareføre dialogen om dette.