3 Låneverksemda i Husbanken i 2011
Låneramma i Husbanken består av grunnlån til utbetring, grunnlån til oppføring, grunnlån til kjøp, startlån og lån til barnehagar.
Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og energisparing i nye og eksisterande bustader. Per 1.3.2011 er om lag 7 mrd. kr belasta låneramma til grunnlån. Dette har mellom anna samanheng med at etterspørsla etter grunnlån i 2010 oversteig tilgjengeleg ramme. Låneramma for 2011 er så langt belasta med 3,9 mrd. kr knytt til saker på vent frå 2010. Talet på innkomne saker har auka monaleg mot slutten av 2010. Dette heng mellom anna saman med varsla innføring av strengare kvalitetskrav for å kunne få grunnlån, som etter planen skal tre i kraft frå 1.7.2011. Dette førte til at fleire søkte før årsskiftet for å kunne bli vurdert i forhold til eksisterande krav.
Startlån skal hjelpe dei som slit med å få lån til å etablere seg i eigen bustad. Startlån er prioritert innanfor låneramma, og det er venta at Husbankens strategiske kommunesatsing vil auke etterspørsla etter startlån. Per. 1.3.2011 er om lag 4,8 mrd. kr til startlån belasta låneramma.
Lån til barnehagar blir gjeve til bygging av nye barnehageplassar som er privat åtte. Per 1.3.2011 er om lag 0,4 mrd. kr belasta låneramma til barnehagelån.
Samla sett er lån på om lag 12,2 mrd. kr belasta låneramma til Husbanken per 1.3.2011.
Det er ikkje særskilde forhold i kredittmarknaden som tilseier ein auke av låneramma til Husbanken, men i all hovudsak ein auka etterspurnad etter lån frå Husbanken. For å leggje til rette for framleis høg låneverksemd i 2011 blir det gjort framlegg om å auke låneramma med 5 mrd. kr i 2011, frå 15 mrd. kr til 20 mrd. kr.