4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Det blir gjort framlegg om at låneramma i Husbanken blir auka med 5 mrd. kr i 2011, frå 15 mrd. kr til 20 mrd. kr, jf. framlegg til romartalsvedtak. Det er ikkje venta endringar i tap på utlån som følgje av auka låneramme. Det er på bakgrunn av framlegget om auka låneramme i 2011, rekneskapstal for 2010 og nye renteføresetnader trong for å endre løyvingane på følgjande kapittel og postar i 2011:
Kap. 2412 Husbanken
Post 90 Lån frå Husbanken, overslagsløyving
Ikkje alle tilsegn om husbanklån blir utbetalte same år som dei blir gjevne. I budsjetteringa av utbetaling av husbanklån blir det lagt til grunn ein utbetalingsprofil som går over fire år. I saldert budsjett 2011 er det lagt til grunn at 45 pst. av låna som får tilsegn i 2011 blir utbetalte i 2011, 23 pst. året etter, 13 pst. det tredje året og 4 pst. det fjerde året. I tillegg blir det lagt til grunn at 15 pst. av låna aldri blir utbetalte. Posten er i statsbudsjettet for 2011 budsjettert med 14 117,6 mill. kr.
Ei auka låneramme vil først kunne bli disponert etter at Stortinget har fatta eit vedtak. Innanfor den auka låneramma blir det lagt til grunn at færre tilsegn vil bli utbetalte i 2011 enn normal utbetalingsprofil skulle tilseie. For auken på 5 mrd. kr er det lagt til grunn at 22 pst. av tilsegna blir utbetalte i 2011 og 46 pst. i 2012. Den største budsjetteffekten kjem difor i 2012. Føresetnadene for utbetaling tredje og fjerde år og fråfall er dei same som for låneramma i saldert budsjett 2011.
Posten er i statsbudsjettet for 2011 budsjettert med 14 117,6 mill. kr. Det er berekna at det er trong for å auke løyvinga på posten med 1 102 mill. kr i 2011 på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kr i 2011. I tillegg gjer rekneskapen for 2010 og lågare renteføresetnader det naudsynt å redusere løyvinga med 32,6 mill. kr. I sum er auken berekna til 1 069,4 mill. kr.
Kap. 5312 Husbanken
Post 90 Avdrag
Posten er i statsbudsjettet for 2011 budsjettert med 9 225,2 mill. kr. Det er berekna at innbetaling av avdrag vil auke med 8 mill. kr på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kr i 2011. I tillegg gjer rekneskapen for 2010 det naudsynt å auke løyvinga med 677,8 mill. kr i 2011. I sum er auken berekna til 685,8 mill. kr.
Kap. 5615 Husbanken
Post 80 Renter
Posten er i statsbudsjettet for 2011 budsjettert med 4 163,4 mill. kr. Det er berekna at renteinntektene vil auke med om lag 16 mill. kr på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kr i 2011. Vidare er nye renteføresetnader lågare enn dei som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2011. Dette gjer det isolert sett naudsynt å redusere løyvinga på posten med 264,4 mill. kr. I sum er reduksjonen berekna til 248,4 mill. kr.