Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapitler: 61, 400–491 Inntektskapitler: 3400–3490

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innledende del

1 Hovudinnleiing

1.1 Budsjettprioriteringar i 2019

Regjeringa har sidan førre regjeringsperiode arbeidd aktivt med politi, kriminalomsorg, vald i nære relasjonar, domstolar, tryggleik og beredskap. Dette har bl.a. ført til at politiet har fått høgare kapasitet til å avdekke og oppklare kriminalitet, at saksavviklinga i domstolane har holdt seg relativt stabil, og at soningskøen nærmast er avvikla. Det er og gjort vesentlege investeringar og kapasitetsutvidingar for å betre beredskapen, som til dømes nytt beredskapssenter for politiet, politihelikopter, redningshelikopter og styrking av PSTs arbeid for å førebyggje terror. Regjeringa har følgt opp viktige innstrammingstiltak frå Prop. 90 L (2015–2016) og integreringstiltak frå Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk, noko som har bidratt til å redusere talet på asylsøkarar som ikkje treng vern, rask busetjing av personar som får opphald, og rask retur av personar utan lovleg opphald.

Regjeringa vil i budsjettet for 2019 særleg styrke beredskapen og samfunnstryggleiken. Regjeringa foreslår å løyve 865,3 mill. kroner i 2019 slik at arbeidet med nytt beredskapssenter for politiet kan halde fram som planlagt. Senteret skal stå ferdig i 2020 og vil betre beredskapen i Noreg gjennom å gi rask, effektiv og sikker innsats frå beredskapsressursane. Beredskapssenteret skal samle beredskapstroppen, bombegruppa, krise- og gisselforhandlartenesta og politihelikoptertenesta på éin stad og dekke behov for nødvendige treningsfasilitetar. Med beredskapssenteret vil òg ein del av dei skjermingsverdige objekta til politiet vere sikra etter lov og forskrift om objektsikring. Regjeringa foreslår å løyve til saman 188,5 mill. kroner i 2019 for at fleire skjermingsverdige objekt i politiet og PST kan bli forsvarleg sikra. Det blir òg foreslått å løyve 148,2 mill. kroner til å sikre datahallar for justissektoren. I eit tryggleiksperspektiv utgjer både informasjon, objekt og infrastruktur verdiar som skal beskyttast for å oppnå tryggleik. IKT-tryggleik blir såleides sentralt for arbeidet med objekttryggleik.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til PST med 25 mill. kroner til arbeid mot cybertruslar og hybride truslar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til NSM med 10 mill. kroner knytt til inntrengingstesting, for å auke tryggleiken og gjere samfunnskritisk digital infrastruktur meir robust. Regjeringa foreslår å styrke den nasjonal forskingskompetansen innan kryptologi gjennom å auke basisløyvinga til Simula@UiB med 5 mill. kroner. Styrkinga skal støtte opp under rekrutteringsstillingar innan kryptologi og bidra til høgare kvalitet i forskinga på digital tryggleik og kryptologi. Regjeringa foreslår å styrke forskinga på digital tryggleik gjennom IKTPLUSS med 10 mill. kroner og forskinga på IKT-tryggleik gjennom SAMRISK-programmet med 7 mill. kroner. Styrkinga skal støtte opp under dei overordna måla og langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og regjeringas satsing på digitalisering og teknologiutvikling. Til saman gir budsjettforslaget eit løft for IKT-tryggleiken nasjonalt sett.

Regjeringa foreslår å løyve 260 mill. kroner til å kjøpe tre nye politihelikopter i 2019, som vil gi ei viktig betring av beredskapen for Noreg. Arbeidet med å kjøpe inn 16 nye redningshelikopter til å erstatte Sea King blir vidareført i 2019. Regjeringa foreslår i tillegg monnalege midlar til drift, vedlikehald og modifisering av dagens redningshelikopter. Samla blir det foreslått å setje av om lag 3,8 mrd. kroner til redningshelikoptertenesta.

Det blir foreslått å auke løyvinga til forvaltninga av Nødnett med 8,8 mill. kroner til å halde Nødnett trygt og robust og 6,3 mill. kroner til kompensasjon for meirverdiavgift i samband med at dei frivillige organisasjonane nyttar Nødnett.

Regjeringa foreslår å løyve 64 mill. kroner til rassikring og trygging av energiforsyninga i Longyarbyen.

Regjeringa har ei målsetjing om 2 politiutdanna tenestepersonar per 1 000 innbyggjarar innan 2020. Sidan regjeringa tiltredde, har dekningsgraden auka frå 1,71 i 2013 til 1,91 polititenestepersonar per 1 000 innbyggjarar på landsbasis i 2018. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 50 mill. kroner i 2019 for å leggje til rette for å tilsetje fleire polititenestepersonar. Forslaget har ein samla heilårsverknad på inntil 200 mill. kroner i 2020.

Etter at nærpolitireforma vart vedteken i 2015, har politi- og lensmannsetaten omstilt seg kraftig. Reforma er i hovudsak sett i verk som planlagt, sjølv om vi ser at det er utfordrande for politiet å stå i ein reformprosess. Ikkje alle resultatkrava er nådde, og restansane har vore høge i enkelte av politidistrikta i 2017. Regjeringa følgjer opp forliket om nærpolitireforma frå 2015.

Regjeringa legg opp til at politidistrikta i størst mogleg grad skal få disponere ressursane slik dei sjølv meiner er formålstenleg. Mykje av moderniseringa av politiet må likevel gjerast med sentrale initiativ frå Politidirektoratet, som t.d. digitalisering, utvikling av felles IKT-løysingar og effektivisering.

Kriminalitetsbiletet er i stadig utvikling, og justismyndigheitene må rustast for å møte denne utviklinga. Politiet må ha kompetanse til å motarbeide kriminalitet på nye område og tilgang på nødvendige politimetodar for å kunne førebyggje, avverje og etterforske kriminalitet, samstundes som rettstryggleiken og personvernet blir vareteke og respektert.

For å motkjempe ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet, særleg i Oslo, foreslår regjeringa å auke løyvinga til politiet med 24 mill. kroner og løyvinga til konfliktråda med 16 mill. kroner. Formålet er bl.a. å oppnå raskare og tettare oppfølging av unge som har utført alvorleg eller gjentakande kriminalitet. Forslaget gjeld og økt innsats i Kripos og Økokrim mot kriminelle gjengmiljø og bakmenn. Forslaget er ein del av ein brei innsats mot gjengkriminalitet, som òg omfattar Barnevernet. Den nye satsinga i 2019 utgjer totalt 50 mill. kroner.

Regjeringas strategi mot arbeidslivskriminalitet skal følgjast opp i 2019, og regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner til å styrke dei tverretatlege arbeidslivskriminalitetssentera og moglegheitene etatane har til å følgje opp saker som gjeld arbeidslivskriminalitet. Det vil seie Arbeidstilsynet, NAV, politiet og Skatteetaten. 5,2 mill. kroner av dette er foreslått løyvde til politiet.

Domstolane går gjennom viktige endringar for å tilpasse seg ein ny digital kvardag. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til vidareføring av digitaliseringa av domstolane i 2019. Gevinstane av digitalisering, og av avviklinga av juryordninga i 2018, vil utgjere eit utvida økonomisk handlingsrom i domstolane framover. Det blir òg foreslått å auke løyvinga til diverse teknisk utstyr i domstolane med 13 mill. kroner, for å sikre meir effektiv og stabil teknisk drift i domstolane. Det blir òg foreslått å løyve 2,1 mill. kroner for å etablere eit lokale i Oslo tingrett for å kunne behandle graderte opplysningar til og med hemmeleg, for å auke kapasiteten til gjennomføring av rettsmøte i tråd med krava som tryggingslova og tilhøyrande forskrift stiller. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til domstolane med 8 mill. kroner til å vidareføre utgreiareining i Borgarting lagmansrett, som skal bidra til å redusere saksbehandlingstiden i lagmannsretten.

Regjeringa sette i august 2017 ned eit utval for å sjå på korleis domstolane bør organiserast i framtida for å vere best mogleg rusta til å vareta forventningar om effektivitet og kvalitet og sikre uavhengnaden deira gjennom omskiftelege samfunnsforhold. Domstolkommisjonen skal levere ei delutgreiing om struktur i oktober 2019.

Justispolitikken skal sikre den enkelte sitt krav på rettstryggleik, rettferd og likskap for lova. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval som skal gå gjennom dei ulike rettshjelpsordningane. Målet er meir målretta bruk av ressursar og ei innretting av det offentlege tilbodet om rettshjelp som sikrar dei som treng det mest.

Soningskøen er no nærmest avvikla, og det er dermed ikkje lenger behov for avtalen med Nederland om leige av fengselsplassar. Avtalen gjekk ut 31. august 2018. For å hindre veksande soningskø i ein overgangsfase inntil nytt fengsel i Agder er ferdig medio 2020, foreslår regjeringa å løyve 74 mill. kroner til å vidareføre drift av 100 dubleringsplassar med høgt tryggingsnivå, jf. løyving til dette i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018.

For å følgje opp regjeringas opptrappingsplan for rusfeltet blir det foreslått å løyve 11 mill. kroner i 2019 til eit pilotprosjekt ved Bjørgvin fengsel. Pilotprosjektet skal prøve ute ein ny modell for avrusing. Regjeringa vil redusere bruken av isolasjon i fengsel og foreslår å løyve 18,3 mill. kroner for å etablere ei nasjonal forsterka fellesskapsavdeling ved Ila fengsel- og forvaringsanstalt for innsette med sterkt aggressiv åtferd og psykiske lidingar.

Regjeringa vil behalde det generelle straffenivået, men opne for mindre justeringar på enkelte område i tilfelle der straffenivået blir opplevd som urimeleg.

Regjeringa legg til grunn at kvar og ein har rett til privatliv, og at staten har eit ansvar for å sikre vern om den personlege integriteten. Personvernet er dessutan grunnlovsfesta og er ein grunnleggjande menneskerett. Presset mot personvernet blir sterkare som følgje av aukande bruk av digitale løysingar og internett. Regjeringa vil stille strenge krav til sikker lagring og behandling av personopplysningar, frå både private og offentlege aktørar. Ny lov om personopplysningar vart vedteken av Stortinget 22. mai 2018 og tok til å gjelde 20. juli 2018. I tillegg arbeider regjeringa med å setje ned ein eigen personvernkommisjon.

Det er viktig å føre ein asylpolitikk som held talet på asylsøkarar som ikkje treng vern, så lågt som mogleg. Det er avgjerande å ha rettssikker behandling for å sikre at dei som har krav på vern, faktisk får det, mens dei utan krav skal returnerast raskt.

Talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med andre innvandrings- og integreringsutfordringar. På grunn av det låge talet på asylsøkarar og forventa nedgang i familieinnvandring foreslår regjeringa å auke talet på kvoteflyktningar frå 2 120 til 3 000. Ved eventuelt mottak av asylsøkarar for å fordele ansvar mellom EU-/Schengen-land skal dette takast innanfor talet på kvoteflyktningar.

Regjeringa foreslår å styrke arbeidet i politiet og UDI med å avdekke saker der opphaldsløyve er gitt på urett grunnlag. Vidare vil regjeringa nytte DNA-testing i familiesaker for å sikre at personen som bur i landet, og den som søker gjenforeining med vedkommande, verkeleg er i slekt. Det blir foreslått å auke løyvinga til politiet, UDI og utanriksstasjonane med til saman 10 mill. kroner til desse formål.

I samband med familiegjenforeining meiner Regjeringa at innvandraren som hovedregel må kunne bli underhalden av den personen det er søkt familiegjenforeining med. Regjeringa ønskjer å motarbeide tvangsekteskap og fleirkoneri og hindre at reglane om familieinnvandring blir undergravne gjennom utnytting. Derfor er det behov for å gå gjennom regelverk og praksis og fremme tiltak for å hindre dette.

Regjeringa vil arbeide for å få på plass returavtalar med fleire land for å bidra til å gjere returarbeidet lettare.

1.2 Ansvarsområde og organisering

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for institusjonar og ordningar som varetek rettane til enkeltmennesket. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politi- og påtalemakta, redningstenesta, samfunnstryggleik og utlendingsmyndigheiter. Ansvar for samordning av norsk politikk i polarområda og Svalbardbudsjettet ligg òg til departementet. Samstundes har departementet forvaltningsansvaret for ei stor mengd lover og er klageinstans i mange forvaltningssaker.

Justis- og beredskapsdepartementet har forvaltningsansvar for om lag 150 lover. I tillegg til lovgiving om justissektoren omfattar dette den alminnelege delen av den offentlege retten og store delar av privatretten. «Med lov skal landet bygges, og ikke med ulov ødes» heitte det i Frostatingslova. Eit godt lovverk må oppfylle mange krav. I fortalen til Jyske lov 1241 er dette skildra slik: «Lova skal vere ærleg og rettferdig, toleleg etter landets sedvane, passande og nyttig og så tydeleg at alle kan vite og forstå kva lova seier.» Lovgiving er eit viktig styringsverktøy, og i ein moderne rettsstat må det stillast høge krav også til kvaliteten på lovgivinga.

1.3 Mål for justis- og beredskapssektoren

Departementet vil framleis vie særskild merksemd til særleg tre område der ein kan oppnå gode resultat ved å styrke og effektivisere alle ledd: straffesakskjeda, samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda og migrasjonskjeda. Regjeringas prioriteringar for 2019 skal bidra til meir effektive kjeder og til god samhandling mellom aktørane i kvar kjede.

Departementet legg til grunn at måla for dei tre kjedene i hovudsak blir vidareførte i 2019. Måla om raskare busetjing av flyktningar og høgare deltaking blant innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv går ut av Justis- og beredskapsdepartementets mål som følgje av at integreringspolitikken er overført til Kunnskapsdepartementet i 2018. I tillegg er det endringar i måla for innvandringspolitikken som følgje av den kraftige reduksjonen i talet på asylsøkarar etter det høge talet i 2015. Målet «raskare avklaring av identitet» er bytt ut med «få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag». Årsaka til endringa er at betre ID-arbeid har ført til at utlendingsmyndigheitene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve med feil identitet, og at det har blitt oppdaga at personar har fått opphald basert på andre uriktige opplysningar.

Tabell 1.1 Mål for justis- og beredskapssektoren

Straffesakskjeda

Samfunnstryggleikskjeda

Migrasjonskjeda

redusere alvorleg kriminalitet

redusere sårbarheit i samfunnet

få asylsøkarar utan behov for vern

rask retur av personar utan lovleg opphald

styrke førebygginga av kriminalitet

kunnskapsbasert førebygging

få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag

ei meir effektiv straffesakskjede

styrke samhandling i beredskap og krisehandtering

betre leiing og styrkt kultur for leiing

1.4 Straffesakskjeda

Politiet og påtalemakta utgjer dei to første ledda i straffesakskjeda. Effektiv førebygging kan redusere talet på saker i seinare ledd i kjeda. Påtalemakta har ansvar for å leie etterforskinga og førebu og føre saker for retten. Spesialeininga for politisaker etterforskar, avgjer påtale og fører for retten saker der tilsette i politiet eller påtalemakta er melde for å ha gjort ei straffbar handling i tenesta.

Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder i straffesaker innan rimeleg tid og med høg kvalitet. I straffesaker blir det teke avgjerder knytte til spørsmålet om skuld og straff, i tillegg til avgjerder mens politietterforskinga pågår. Den rettsmedisinske kommisjonen kvalitetssikrar rettsmedisinske erklæringar og utsegner som sakkunnige gir i straffesaker. Gjenopptakingskommisjonen er eit uavhengig organ som skal ta stilling til om ein som er domfelt med rettskraftig dom, skal få ny behandling av saka si i retten. Arbeidet til kommisjonen er viktig for rettstryggleiken til enkeltmennesket.

Kriminalomsorga gjennomfører straff etter dom og stiller varetektsplassar til disposisjon for politiet. Straffa skal gjennomførast på ein måte som tek omsyn til formålet med straffa, motverkar nye straffbare handlingar, er tryggande for samfunnet og sikrar dei innsette tilfredsstillande forhold innanfor desse rammene.

Konfliktråda tilbyr gjenopprettande prosess i straffesaker der gjerningsperson, fornærma og andre saka gjeld, kan møtast og gjennom dialog komme fram til gode løysingar. Gjenopprettande prosess har til formål å gjenopprette mest mogleg av skaden offeret er påført gjennom den kriminelle handlinga. Gjenopprettande prosess kan nyttast i straffesakskjeda som eigen strafferettsleg reaksjon på påtalestadiet og domstadiet, som deldom eller som ledd i ei straffegjennomføring. Konfliktråda er ansvarlege for gjennomføringa av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

Rettane til offer og pårørande skal varetakast gjennom heile kjeda. Valdsoffererstatning blir også gitt når skadevaldaren er ukjend eller ute av stand til å gjere opp for seg.

Ei effektiv straffesakskjede føreset god samhandling mellom verksemdene, gode og effektive arbeidsverktøy og tilstrekkeleg kapasitet i alle ledd. Førebygging og motarbeiding av kriminalitet krev i tillegg innsats frå aktørar utanfor justissektoren. Godt samarbeid med andre offentlege verksemder, næringsliv og frivillige organisasjonar er derfor viktig. Eit godt internasjonalt arbeid er òg ein føresetnad for ei effektiv straffesakskjede.

Figur 1.1 Justis- og beredskapsdepartementets underliggande og tilknytta verksemder i straffekjeda

Figur 1.1 Justis- og beredskapsdepartementets underliggande og tilknytta verksemder i straffekjeda

1.4.1 Utvikling og resultat

Nedgang i registrert kriminalitet totalt og meir avdekking av alvorleg kriminalitet

Det har over fleire år vore ein reduksjon i den registrerte kriminaliteten. Talet på lovbrot som blir melde til politiet, er redusert med 5,3 pst. frå 2016 til 2017, og 18 pst. frå 2013. I 2017 vart det meldt til politiet 60,6 lovbrot per 1 000 innbyggjarar. Nivået på melde lovbrot er det lågaste gjennom dei siste 25 åra. Det har gjennom dei siste åra spesielt vore ein nedgang i talet på eigedomstjuveri. Samstundes har det blitt avdekt meir alvorleg kriminalitet, med ein klar auke i talet på meldingar om vald, mishandling og seksuallovbrot.

Førebygging av kriminalitet blant barn og unge har vore eit særskilt prioritert område for politiet, og det har i fleire år vore ein nedgang i den registrerte kriminaliteten blant barn og unge. I 2016 og 2017 vart det derimot registrert ein auke, særleg blant unge under 15 år.

Figur 1.2 Meldingar om lovbrot 2013–2017, etter type lovbrot

Figur 1.2 Meldingar om lovbrot 2013–2017, etter type lovbrot

Oppklaringsprosenten for lovbrot totalt var 52,6 pst. i 2017. Dette var 0,8 prosentpoeng lågare enn i 2016, men 2,2 prosentpoeng betre enn i 2013. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for oppklarte lovbrot har auka svakt frå 94 dagar i 2016 til 96 dagar i 2017. Det er tilfredsstillande at saksbehandlingstida i saker der mistenkte var under 18 år, framleis er under målkravet på 42 dagar (40 dagar i 2017). Utviklinga er ikkje tilfredsstillande for valdssaker med særskild frist (grov kroppskrenking og kroppsskade). Resultatet på 128 dagar i 2017 ligg over måltalet på 90 dagar og har auka frå året før.

Restansane til politiet har gått noko ned dei seinare åra. I 2017 er det derimot ein auke i restansane. Dei totale restansane av ikkje påtaleavgjorde saker eldre enn 3 md. har auka med 9,8 pst., og restansane av saker eldre enn 12 md. har auka med 3,3 pst. frå 2016 til 2017. Det er mange forhold som påverkar utviklinga i oppklaringsprosent, saksbehandlingstid og restansar. Årsakssamanhengane er komplekse, og resultata vil variere noko fra år til år. Ei sannsynleg forklaring på auken i restansar i 2017 er fleire kompliserte saker som er vanskelege å etterforske, som t.d. vald og seksuallovbrot. Vidare er det grunn til å gå ut frå at dei strukturelle endringane som er gjorde i samband med politireforma på kort sikt kan ha ført til auka restansar.

Regjeringas mål er å redusere alvorleg kriminalitet. Grove integritetskrenkingar, bl.a. grov vald og seksuallovbrot, har store konsekvensar for offera og dei pårørande og for samfunnet. Fleire melder saker om vald, mishandling og overgrep til politiet. Dette kjem til dels av større merksemd frå samfunnet si side og at folk er meir opne om vald, mishandling og overgrep. Folk er blitt meir tilbøyelege til å melde frå til politiet og hjelpeapparatet, og desse sakene er blitt prioritert høgare blant aktørane i straffesakskjeda. Politiet sin innsats med førebygging og tiltak for å avdekke mørketal er òg med på å forklare at talet på meldingar for denne typen kriminalitet har auka.

Talet på meldingar til politiet som gjeld overgrep mot barn, auka i 2017. Særleg gjeld dette internettrelaterte overgrep. Avhøyr av barn og særleg sårbare fornærma og vitne blir som regel gjennomførte ved Statens barnehus som såkalla tilrettelagt avhøyr. Frå 2016 til 2017 var det ein auke på 7 pst. i talet på avhøyr som vart gjennomførte på barnehusa, mens auken frå 2013 til 2017 var på heile 138 pst. Dei samla tala for ventetid for gjennomføring av tilrettelagde avhøyr indikerer ei positiv utvikling. Dette bør sjåast i samanheng med at kapasiteten til Statens barnehus og politiet si etterforsking av vald mot barn er styrkt dei siste åra.

Den grove profittmotiverte kriminaliteten undergrev den norske samfunnsmodellen i tillegg til å ramme dei som blir direkte utsette. Kampen mot arbeidslivskriminalitet har vore eit høgt prioritert område for regjeringa. Sidan 2015 er det oppretta til saman sju tverretatlege, samlokaliserte einingar mot arbeidslivskriminalitet. Politiet, Arbeidstilsynet, NAV og Skatteetaten har gjennom ein felles årsrapport for 2017 vist til eit godt operativt samarbeid mellom etatane med stor utåtvend aktivitet. Mellom anna er etatane meir synlege på arbeidsplassane. Dette gjer at kriminelle aktørar i større grad opplever risiko for å bli tekne.

Lengre saksbehandlingstider i domstolane

Saksbehandlingstida for straffesaker i domstolane er aukande, og særskilt gjeld dette i lagmannsrettane. Ingen av dei seks lagmannsrettane når Stortingets mål i straffesaker. To lagmannsrettar når ikkje målet i sivile saker i 2017, mot éin året før. Talet på kor mange tingrettar som er utanfor eitt eller fleire av Stortingets mål (i tvistesaker og straffesaker), har auka frå 27 i 2016 til 29 i 2017, av totalt 62 tingrettar.

Figur 1.3 Saksbehandlingstid i tingrettane (2013–2017)

Figur 1.3 Saksbehandlingstid i tingrettane (2013–2017)

Figur 1.4 Saksbehandlingstid i lagmannsrettane (2013–2017)

Figur 1.4 Saksbehandlingstid i lagmannsrettane (2013–2017)

Samla sett var tingrettane innanfor Stortingets mål i tvistesaker og einedommarsaker i 2017, men var utanfor i meddomsrettssaker. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i meddomsrettssaker i tingrettane auka frå 3 til 3,3 md. i 2017 og gjekk dermed over Stortingets mål på 3 md. Dette skjedde trass i at det kom inn færre saker til tingrettane enn året før. Tingrettane har behandla både færre straffesaker og færre sivile saker i 2017 enn året før. Færre innkomne saker bidrog til ein reduksjon i restansane av straffesaker i tingrettane samanlikna med 2016.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i straffesaker i lagmannsrettane gjekk opp i 2017. Alle lagmannsrettane har saksbehandlingstider som er lengre enn målet på tre md., i alle straffesakstypane. Lagmannsrettane mottok færre straffesaker totalt i 2017. Lagmannsrettane behandla totalt sett færre saker i 2017 samanlikna med 2016. Restansane av straffesaker i lagmannsrettane var om lag lik i 2017 som i 2016. Domstoladministrasjonen rapporterer at både sivile saker og straffesaker har blitt meir komplekse og omfattande, noko som er ein av årsakane til lengre saksbehandlingstider.

Regjeringa effektiviserer domstolane gjennom digitalisering, meir effektiv organisering og endringar i regelverk. Prosjekta Digitale domstolar, Elektronisk samhandling i straffesakskjeda og etablering av nye saksbehandlingssystem i domstolane står sentralt i dette arbeidet. Ein del av digitaliseringa er sett i verk, men det gjenstår òg ein god del. Det vil ta tid før gevinstane i form av meir effektiv saksavvikling kan realiserast.

Frå 2017 har det blitt etablert fleire faste ordningar med felles leiing. Felles leiing inneber at ein domstolleiar leier meir enn éin domstol. Evaluering av gjennomførte prøveordningar i tingrettar og jordskifterettar viser at felles leiing gir redusert sårbarheit, potensial for betre ressursutnytting og meir effektiv saksavvikling, samstundes som kontorstadene kan oppretthaldast.

I Oslo tingrett har det over to år blitt gjennomført eit hurtigspor i saker der det er stor fare for at tiltalte unnlèt seg straffeforfølging og bevisbiletet er klart. Ein evalueringsrapport frå juni 2018 viser at prosjektet er vellukka, ved at det fører til raskare dømming og gjennomføring av straff eller utvising. Regjeringa vil forlenge prosjektet vidare i 2019.

God soningskapasitet

Då regjeringa overtok i 2013, var soningskøen på over 1 200 dommar. Regjeringa har etablert nye soningsplassar, og dette har hatt god effekt. Soningskøen er mindre enn 200 dommar, og er så godt som avvikla. Regjeringa er likevel særs merksame på kapasiteten i kriminalomsorga og utviklinga i soningskøen.

Figur 1.5 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar 2012–2018

Figur 1.5 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar 2012–2018

I 2017 hadde kriminalomsorga ein kapasitet på gjennomføring av vilkårslause dommar, varetekt, forvaring og bøtesoning tilsvarande om lag 4 600 plassar. Dette er inkludert straffegjennomføring med elektronisk kontroll utanfor fengsel som utgjorde om lag 390 plassar, og straffegjennomføring i institusjon som utgjorde om lag 140 plassar. Samstundes gjennomfører nokre få straffedømde straffa si utanfor fengsel eller straffegjennomføringslova § 16 første ledd.

To tredelar av kapasiteten til fengsla er plassar med høgt tryggingsnivå, mens ein tredel er plassar med lågare tryggingsnivå. I 2017 var samla gjennomsnittleg kapasitetsutnytting i fengsla 92 pst. Kapasitetsutnyttinga er lågare enn tidlegare år. Det er dels grunna færre varetektsinnsette og færre mottekne dommar på vilkårslaus fengselsstraff og dels grunna aukande bruk av straffegjennomføring med elektronisk kontroll.

I 2017 var det i gjennomsnitt 909 innsette i varetekt, som er ein nedgang på 100 innsette samanlikna med 2016. Samstundes er det færre enn tidligere som sit over fristen i politiarrest, og det er ikkje trulig at brot på denne fristen skjer som følgje av mangel på fengselsplassar.

I perioden 2011–2017 har det vore ei utvikling mot lengre gjennomføringstid for domssonarar i fengsel. Denne utviklinga kan sjåast i samanheng med meir utstrekt bruk av straffegjennomføring med elektronisk kontroll, som har ført til at ein stor del av dommane under fire md. blir gjennomførte utanfor fengsel. Auken i alvorleg kriminalitet har òg ført til fleire lange dommar og dermed lengre soningstid for desse i fengsel.

Domstolane kan dømme lovbrytarar til samfunnsstraff, dom på vilkår med narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og dom på vilkår med program mot ruspåverka køyring. Desse straffereaksjonane blir gjennomførte av friomsorgskontora. Dei siste åra har talet på samfunnsstraffer som er sette i verk, gått kraftig ned, mens talet på iverksette oppdrag på ND har auka kraftig i 2017. Auken heng saman med at ND vart gjort landsomfattande i 2016.

Regjeringa har prioritert arbeidet med å overføre utanlandske domfelte til å halde fram med soning i heimlandet. 53 personar vart overførte til soning i heimlandet i 2017, mot 65 i 2016, 63 i 2015 og 38 i 2014.

Det er òg ein prioritet å bidra til å utvikle program som støttar opp under rettsstat og kapasitetsbygging i andre europeiske land. Dette vil igjen leggje til rette for betre høve for soningsoverføringar og utleveringar. Bidrag til dette gjennom EØS-midlane er derfor eit sentralt middel.

Hindre tilbakefall til ny kriminalitet

Vellukka tilbakeføring etter fullført straff utan at domfelte gjer nye kriminelle handlingar, krev kvalifisert personell og målretta tiltak. Regjeringa har sett i verk fleire tiltak med vellukka tilbakeføring som mål. Døme er styrkte tilbod til rusavhengige og psykisk sjuke som sonar fengselsstraff, og hyppigare bruk av straffegjennomføring i institusjon (§ 12-soning). Regjeringa held fram arbeidet med å etablere fengselsplassar for kvinner i eigne skjerma avdelingar eller i eigne fengsel. Regjeringa har til no etablert 38 plassar for kvinner.

I 2017 er det blitt gjennomført 50 018 fengselsdøgn i institusjon i medhald av straffegjennomføringsloven § 12, eit nivå som er rekna som tilfredsstillande. Delen av domfelte på delgjennomføring med elektronisk kontroll utanfor fengsel er 21 pst., som er om lag det same som i 2016. Narkotikaprogram med domstolkontroll er etablert som ein varig og landsdekkande straffereaksjon og talet på iverksatte dommar har auka markant i 2017. Dette styrker førebygginga av ny kriminalitet hos ei gruppe med høg risiko for tilbakefall.

Barn og unge som er i risikosona for å bli involverte i kriminalitet, skal bli vigde særleg merksemd. Tidleg innsats er heilt sentralt. Ungdom mellom 15 og 18 år som utfører kriminelle handlingar, kan få ein vanskeleg overgang til vaksenlivet. I tillegg til belastningane for offera vil samfunnet òg bli påført store sosiale og økonomiske kostnader over tid. Erfaring viser at gjenopprettande prosessar gir lågare tilbakefall og i større grad varetek offer og pårørande på ein god måte. Dette er viktige element i straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

Straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging er tekne i bruk i alle politidistrikt. Konfliktråda har kvart år sidan reformstart motteke fleire saker der ungdom er pålagde eller dømde til ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging. I 2017 mottok konfliktråda 406 slike saker, der 38 var ungdomsstraff og 368 var ungdomsoppfølging. Dette er ein auke på 12 pst. sidan 2016.

Talet på ungdom som fullfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, har auka frå 55 pst. i 2015 til 65 pst. i 2017. Tilbakefallsprosenten aukar, dvs. at ungdommen vender tilbake til kriminelle handlingar. Førebelse undersøkingar viser at ungdommane har store og samansette utfordringar. Dei kan sjølv vere utsette for lovbrot og ha rusproblem. Det er òg ei utfordring at det i mange tilfelle tek lang tid frå ungdommen gjer eit lovbrot, til straffegjennomføringa startar.

Offeromsorg

I 2017 mottok Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) 5 158 nye søknader, om lag det same som i 2016. Sjølv om det er ein nedgang i meld kriminalitet, ligg mengda søknader om valdsoffererstatning på eit stabilt nivå. Dette kan ha samanheng med ei aukande mengd meldingar knytte til seksualisert vald og mishandling i nære relasjonar. Vidare har omfanget av nettovergrep mot barn auka kraftig. Handteringa av desse sakene er ressurskrevjande, både fordi sakskomplekset er stort, og fordi kvar fornærma skal vurderast konkret og individuelt. Det har vore ein nedgang på 17 pst. i mengda behandla saker samanlikna med året før. Samstundes har saksbehandlingstida ved kontoret auka markant. Lengre saksbehandlingstid har resultert i ein auke i restansar av saker. Det har òg vore ein reduksjon i utbetaling av erstatningsbeløp i 2017 som følgje av restansesituasjonen for saksbehandlinga.

1.4.2 Utfordringar

Det er ei rekkje samfunnsmessige faktorar som påverkar kriminalitetsutviklinga. Internasjonalisering, teknologisk utvikling og demografiske endringar som befolkningsvekst og endra befolkningssamansetning, urbanisering og migrasjon er blant desse faktorane.

Kommunikasjon, samferdsel og teknologi skaper ei meir internasjonal verd. Rammene for førebygging og etterforsking av kriminalitet blir utfordra ved at lovbrot ofte har internasjonale koplingar. Nettverk opererer nasjonalt og internasjonalt, bruker internett i verksemda si, og transaksjonar går på tvers av landegrensene. Desse faktorane bidrar til å gjere avdekking og etterforsking meir krevjande, og det tar lengre tid. Vidare gir det større behov for internasjonalt politisamarbeid. Politiet opplever ei stadig meir profesjonalisert kriminell verksemd, der nettverk og bakmenn driv i fleire bransjar samstundes.

Det er framleis ei utfordring med mørketal og underrapportering innanfor fleire typar alvorleg kriminalitet, mellom anna innanfor vald og overgrep, økonomisk kriminalitet og IKT-kriminalitet. Ei rekkje studiar viser at mange saker som gjeld vald og overgrep, aldri kjem til politiet eller til hjelpeapparatet elles. Det må framleis arbeidast for å avdekke fleire saker og for å sørge for at offera får nødvendig oppfølging.

Ein veksande del av kriminaliteten har eit digitalt element. Det gjeld både at kriminaliteten oftare rammar IKT-system, at han blir utført via digitale kanalar, og at straffesakene har digitale bevis. Politiet og påtalemakta må derfor ha nødvendig utstyr, kompetanse og kapasitet til å møte denne utviklinga. I tillegg til den tradisjonelle politi- og påtalefaglege kompetansen er det behov for fleire med særskild kompetanse innanfor IKT. Den teknologiske utviklinga går svært raskt. Det er heile tida fare for å bli hengande etter utviklinga.

Ungdomskriminaliteten aukar i 2016 og 2017 etter fleire år med nedgang. Det er ei utvikling vi må ta på alvor. I Oslo har det vore ei utvikling der det er grunn til uro for tilvekst av unge til kriminelle miljø. Det er eit særskilt behov for tiltak i utsette område med levekårsutfordringar og kriminalitet.

I 2017 var det redusert saksinngang til domstolane. Dette var uventa med tanke på den kontinuerlege saksveksten dei siste åra. Per i dag veit vi ikkje om nedgangen er eit varig brot i ein fleirårig trend med veksande saksinngang eller eit uttrykk for ein årleg variasjon. Statistisk sentralbyrå forventar at folketalet vil auke framover. Folkeauken vil truleg bli størst i storbyregionane. Politiet og påtalemakta har blitt vesentleg styrkte dei seinaste åra. Styrkinga av politiet og påtalemakta kan gi høgare saksmengd i domstolane. Samtidig ser vi at den registrerte kriminaliteten går ned, men det har blitt avdekt meir alvorleg kriminalitet. Isolert sett kan dette føre til færre, men meir komplekse saker som tar lengre tid. Fleire domstolar meiner at talet på komplekse saker har auka dei siste åra. Ei utfordring for domstolane er og variasjonen i saksinngang og spesielt fluktuasjonar ved enkelte domstolar frå det eine året til det andre. Det er svært krevjande å tilpasse kapasiteten til større endringar i saksmengda.

Regjeringa prioriterer arbeidet med ein meir effektiv straffesakskjede. Ein god straffeprosess skal bidra til kvalitet, effektivitet og rettstryggleik i strafferettspleia og skal opne for rasjonell bruk av moderne informasjonsteknologi. Prosessen er i dag ikkje godt nok tilpassa det mangfaldet av saker som den teknologiske utviklinga, den sosiale mobiliteten og samfunnsutviklinga elles gir opphav til. NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov av 3. november 2016 har vore på høyring og er no til oppfølging i departementet.

Dagens domstolsstruktur er til hinder for å oppnå at ressursane i domstolane blir effektivt utnytta. Mange av tingrettane i landet har lita saksmengd og få tilsette. Regjeringa sette ned eit utval (Domstolkommisjonen) i august 2017 for bl.a. å greie ut korleis domstolane bør organiserast for å vere best mogleg rusta til å vareta forventningar om effektivitet og kvalitet i tillegg til uavhengnad gjennom endra samfunnstilhøve. Utvalet vil komme med ei delutgreiing om spørsmålet om domstolsstruktur innan 1. oktober 2019.

Advokatlovutvalet overleverte utgreiinga NOU 2015: 3 Advokaten i samfunnet til Justis- og beredskapsdepartementet 19. mars 2015. Utvalet har gått gjennom regelverket for advokatar og andre som yter rettshjelp. Utgreiinga har vore på høyring, og saka er til behandling i departementet.

Departementet har så vel i Meld. St. 12 (2014–2015), Prop. 122 S (2015–2016) som Prop. 85 S (2017–2018) skildra behovet for omstruktureringar i kriminalomsorga. Strukturen må tilpassast framtidige behov. Fleire av fengsla har store vedlikehaldsbehov og er ikkje eigna for framtidig fengselsdrift. Vi må ha ein god balanse mellom fengselsplassar med høgt og lågare tryggingsnivå. Vi må òg ha ein god balanse mellom fengselskapasitet og kapasitet for gjennomføring av straff i samfunnet. For å tilpasse strukturen i kriminalomsorga til behovet er det heilt nødvendig å leggje ned reell overkapasitet av plassar med lågare tryggingsnivå. Avrusingstilbodet i fengsla er framleis mangelfullt.

Konfliktråd er òg ein effektiv måte å løyse konfliktar på. Mekling og gjenopprettande møte kan òg bidra til å dempe og førebyggje framtidige konfliktar og hindre meir alvorleg kriminalitet. Det er potensial for å bruke konfliktråda i fleire saker. Samstundes får konfliktråda fleire komplekse og alvorlege saker enn tidlegare, bl.a. straffereaksjonane overfor ungdom. Det er kapasitetsutfordringar knytte til gjennomføring av ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

1.4.3 Mål og tiltak

Måla som vart fastsette på bakgrunn av dei politiske ambisjonane og utfordringane for straffesakskjeda i 2018, blir vidareførte i 2019:

  • redusere alvorleg kriminalitet

  • styrke førebygginga av kriminalitet

  • ei meir effektiv straffesakskjede

Redusert kriminalitet sparer samfunnet for store menneskelege og økonomiske kostnader. Kriminalitetsførebygging bidrar til færre lovbrot, og færre offer for kriminalitet, og gir mindre total ressursbruk i samfunnet. Tidleg innsats og førebygging er ei god investering. Innsatsen må både rettast inn mot allmenta og enkeltpersonar og grupper som anten har utvikla eit kriminelt åtferdsmønster, eller som står i fare for å gjere det. Eit godt tverrsektorielt samarbeid er viktig for å sikre tidleg innsats og tett oppfølging. Det er særleg viktig å førebyggje og sikre oppfølging i saker der barn er offer for kriminalitet.

Straffesakskjeden er kompleks, med mange aktørar, og med mange årsaker til utviklinga vi ser. Regjeringa jobbar derfor breitt mot utfordringane innan kjeda. Kriminalitetsbiletet er i endring. Den samla kriminaliteten går ned, samtidig som meldingar om vald og seksuallovbrot aukar, det blir fleire krevjande saker innan økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet, og det er fleire saker som rettar seg mot IKT-system eller der IKT blir nytta for å utføre kriminaliteten. Dette fører til større kompleksitet i sakene, gjer etterforskinga meir tid- og ressurskrevjande og krev ny kompetanse i politiet. Utviklinga i kompleksitet, kombinert med dei strukturelle endringane som er gjorde i samband med nærpolitireforma er med på å forklare auken vi har sett i restansar i politiet. Auka i restansane som følgjer av nærpolitireformen vil vere på kort sikt. Regjeringa fortset å leggje til rette for å tilsette fleire polititenestepersonar og realisere gevinstane av reforma. Digitalisering og politiarbeid på staden er også viktig i denne samanhengen. Regjeringa foreslår òg å styrke politiet sitt arbeid mot arbeidslivskriminalitet.

Vi ser at det er lengre saksbehandlingstider i lagmannsrettane. Auke i komplekse saker kan som omtalt vere ei av årsakene til dette. Vidare er sentrale utfordringar når det gjeld å sikre ei effektiv behandling at for mykje av saksbehandlinga er papirbasert, det er for gammalt teknisk utstyr og det gjenstår arbeid med digitalisering. Regjeringa vil derfor arbeide for å redusere saksbehandlingstida gjennom modernisering, dvs. blant anna nye digitale arbeidsmåtar, meir effektiv struktur på og organisering av domstolane. Mellom anna foreslår regjeringa at det blir løyvt 8 mill. kroner til utgreiareining i Noreg sin største ankedomstol, Borgarting lagmannsrett.

Arbeid mot ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet er eit viktig satsingsområde for regjeringa i 2019. Dette krev brei innsats, og satsinga omfattar politiet, påtalemakta, konfliktråda og barnevernet. Den særskilde satsinga for å styrke politiinnsatsen i Oslo sør blir vidareført i 2019 med 30 mill. kroner. Innsatsen skal bidra til å førebyggje kriminalitet, med særleg vekt på å følgje opp unge i risikosona og forhindre rekruttering til miljø som driv med kriminalitet. I statsbudsjetta for 2017 og 2018 vart det løyvd særskilde midlar til ein kriminalitetsførebyggjande innsats på Grønland i Oslo. Regjeringa ønskjer, saman med Oslo kommune, å koordinere ulike satsingar i bydelane i Oslo indre aust. Knytt til denne satsinga blir det foreslått å vidareføre 7 mill. kroner til ein særskild, kriminalitetsførebyggjande innsats frå politiet i Oslo indre aust.

Regjeringa foreslår ei ny satsing på ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet på til saman 50 mill. kroner. Dette inkluderer 24 mill. kroner til politiet, 16 mill. kroner til konfliktråda og ei løyving til barnevernet under Barne- og likestillingsdepartementet. Av 24 mill. kroner til politiet skal 16 mill. kroner gå til ei styrkt satsing i Oslo, bl.a. til utviding av Prosjekt November og etterforskings- og påtalekapasitet innanfor området vald i nære relasjonar. Satsinga skal bidra til sterkare førebyggjande innsats frå politiet gjennom sterkare nærvær i utsette område i Oslo og tettare samarbeid mellom dei ulike aktørane i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. 8 mill. kroner skal gå til auka kapasitet i Økokrim og Kripos til nedkjemping av gjengkriminalitet og bakmenn.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til konfliktråda med 16 mill. kroner til styrking av arbeidet mot ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet. Formålet er raskare og tettare oppfølging av unge som har gjort alvorleg eller gjentakande kriminalitet, bl.a. styrking av arbeidet med førebygging og gjennomføring av ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

Regjeringa foreslår følgjande nye hovudsatsingar i 2019 for straffesakskjeda:

Politi og påtale

  • løyve 50 mill. kroner til politiet for å leggje til rette for å tilsetje fleire polititenestepersonar, med heilårsverknad på inntil 200 mill. kroner i 2020

  • politiets arbeid mot ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet – 24 mill. kroner

  • politiets arbeid mot arbeidslivskriminalitet – 5,2 mill. kroner

Domstolar

  • investeringsmidlar til teknisk utstyr i domstolane – 13 mill. kroner

  • utgreiareining i Borgarting lagmannsrett – 8 mill. kroner

  • etablere rom for å behandle graderte opplysningar i Oslo tingrett – 2,1 mill. kroner

Straff og gjenoppretting

  • arbeidet i konfliktråda mot ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet – 16 mill. kroner

  • utvide bøteteneste til ei landsdekkande straffegjennomføringsform

  • leggje ned fengelsplassar med lågare tryggingsnivå som del av ei omstrukturering av fengselskapasiteten for å tilpasse han betre til behovet

  • vidareføre dublering av 100 fengselsceller, jf. løyving i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018

  • førebyggje langvarig isolasjon av psykisk sjuke innsette gjennom å etablere ei nasjonal forsterka fellesskapsavdeling ved Ila fengsel og forvaringsanstalt for innsette med sterkt aggressiv åtferd og psykiske lidingar – 18,3 mill. kroner

  • opptrappingsplan for rusfeltet: etablere ei avrusingseining ved Bjørgvin fengsel – 11 mill. kroner

  • Etablere eit landsdekkjande behandlingstilbod for insette dømt for seksuelle overgrep – 19 mill. kroner.

1.5 Samfunnstryggleikskjeda

Samfunnstryggleik er evna samfunnet har til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar, og som set liv og helse i fare. For å sikre ei systematisk tilnærming ser regjeringa arbeidet med samfunnstryggleik som ei kjede. Systematisk kunnskapsutvikling som grunnlag for førebyggjande tiltak skal bidra til færre hendingar og eit betre beredskapsarbeid. God beredskap set ansvarlege aktørar i stand til å handtere hendingar og rette opp att samfunnsfunksjonane raskt dersom hendingar skulle skje. I alle ledd av kjeda er kontinuerleg læring, forbetring og tilpassing til endringar i risiko- og sårbarheitsbiletet ein føresetnad for å lukkast.

Samfunnstryggleikskjeda er kjenneteikna av mange aktørar som tek hand om ulike delar av arbeidet, både offentlege aktørar på ulike forvaltningsnivå, private og frivillige organisasjonar. Godt samfunnstryggleiksarbeid stiller høge krav til samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå og eit godt samarbeid med private og frivillige aktørar. Samfunnstryggleiken blir påverka av utviklinga i Noreg, men i stor grad òg av globale utviklingstrekk. Digitale sårbarheiter, IKT-kriminalitet, ein endra tryggleikspolitisk situasjon og eit større tal terroranslag internasjonalt er døme på globale utfordringar som òg påverkar Noreg og norsk tryggleik.

Ein viktig føresetnad for god samfunnstryggleik er forståing for dei særskilde utfordringane arbeidet inneber. God samfunnstryggleik handlar om å arbeide systematisk med moglege hendingar som det er usikkert om nokon gong vil skje. Ein årvaken og risikoerkjennande kultur er avgjerande for å lukkast. Dette gjeld generelt, men er særskilt viktig når det gjeld digital tryggleik. Digitaliseringa av samfunnet skaper avhengnader og sårbarheiter som går på tvers av sektorar, ansvarsområde og landegrenser. Dette krev høg kompetanse, systematisk arbeid og samarbeid mellom aktørane i dei digitale kjedene.

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for hovudtyngda av dei sivile rednings- og beredskapsressursane i Noreg. Departementet har ei samordningsrolle og eit pådrivaransvar for samfunnstryggleik i sivil sektor, jf. Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggsleikinstruksen), fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 1. september 2017. Dette inneber å sikre eit koordinert og einskapleg arbeid med samfunnstryggleik på tvers av sektorgrensene. Justis- og beredskapsdepartementet har òg ansvar for administrativ koordinering av redningstenesta, jf. Organisasjonsplan for redningstjenesten, som vart fastsett ved kgl.res. 19. juni 2015.

1.5.1 Utvikling og resultat

I løpet av 2018 vil fem av operasjonssentralane til politiet vere samlokaliserte med brann- og redningsvesenet. Det gjeld distrikta Nordland, Innlandet, Møre og Romsdal, Aust og Sør-Aust. Sju sentralar står att, bl.a. som følgje av bygningsmessige utfordringar.

Politiet har hatt ei god utvikling innan krav til responstid og jobbar vidare med å måle svartida på 112 og responstida for å forbetre responsen ytterlegare. «Politiets innbyggerundersøkelse 2017» viser at tryggleikskjensla hos innbyggjarane og tilliten til politiet er styrkt i perioden 2015–2017. Per første kvartal 2018 var politidekninga på nasjonalt plan 1,91 per 1 000 innbyggjarar.

I Riksrevisjonens etterlevingsrevisjon i 2016 av politiets og Forsvarets arbeid med objektsikring vart fleire svakheiter påpeika, både når det gjaldt etterlevinga av tryggingslova og objekttryggleiksforskrifta i tillegg til Instruks om sikring og beskyttelse av objekter ved bruk av sikringsstyrker fra Forsvaret og politiet i fred, krise og krig. Politiet har arbeidd med å etterleve instruksen, og det er laga kriterium for å peike ut objekt, utarbeidd planar for å sikre dei utpeika objekta og på førehand peika ut objekt der Forsvaret skal bistå politiet med sikringsstyrkar. Det blir òg jamleg halde øvingar.

Riksrevisjonen skreiv i forvaltningsrevisjonen i 2018 at etterlevinga av instruksen er betra. Å etterleve instruksen krev kontinuerleg arbeid og oppdatering av planverket som til kvar tid gjeld. POD har utvikla eit system for kontinuerleg oppfølging og vedlikehald av objektplanverka framover og øvingsverksemd i samband med dette.

Politidirektoratet har laga ein heilskapleg plan, med permanente og midlertidige tiltak for objektsikring, kor avvika som er påvist av Riksrevisjonen skal lukkast. Den femårige planen, som også inkluderer sikring av operasjonssentralar som ikkje er klassifisert som skjermingsverdige objekt, er av Politidirektoratet kostnadsestimert til om lag 300 mill. kroner. I planen er skjermingsverdige objekt gitt prioritet, og Politidirektoratet planlegg for at restrisikoen for dagens skjermingsverdige objekt vil vere innanfor den nye tryggingslova sine bestemmingar, slik direktoratet forstår lova, i løpet av 2020.

Regjeringa har i 2018 inngått ein avtale med Sverige om bruk av særlege innsatseiningar, slik at Noreg og Sverige raskt skal kunne hjelpe kvarandre over landegrensene i krisesituasjonar.

Sentralisert etterforsking av framandkrigarar har vore eit vellukka tiltak i PSTs kontraterrorarbeid, noko som har medverka til at Noreg er blant dei mest offensive landa i Europa når det gjeld etterforsking av framandkrigarar. Det har òg vore ein nedgang i talet på nye radikaliserte personar.

Nasjonalt tryggingsorgan opplever at norske verksemder stadig blir meir merksame på utfordringar knytte til tryggleik ved bruk av IKT. Det same biletet ser ein i fleire internasjonale undersøkingar. Data og analysar frå Nasjonalt tryggingsorgan viser like fullt at det framleis er mykje å rette på i ei verd der risikobilete endrar seg raskt.

Kommunal beredskapsplikt tok til å gjelde i 2010, som inneber at kommunane skal gjennomføre risiko- og sårbarhetsanalyser og overordna beredskapsplan. Det er stadig fleire kommunar som tilfredsstiller minimumskrava i lov og forskrift. DSBs kommuneundersøking for 2018 viser at den positive utviklinga i samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane held fram.

Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nettet gir nød- og beredskapsaktørar høve til avlyttingssikra og effektiv kommunikasjon i grupper. Nødnett har ein berekna dekningsgrad på 86 pst. av landarealet og nær 100 pst. av befolkninga. Dette er i tråd med Stortingets forventning, jf. Innst. 371 S (2010–2011). Det er om lag 55 000 brukarar av Nødnett i heile landet, og figuren under viser at stadig fleire organisasjonar brukar Nødnett. DSB, som forvaltar statens eigarskap til Nødnett, gjennomfører tiltak knytte til digitale sårbarheiter og IKT-tryggleik i samband med Nødnett.

Figur 1.6 Brukarar av Nødnett

Figur 1.6 Brukarar av Nødnett

Kilde: DSB

Sivilforsvaret er statens forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Statistikken over innsatsane til Sivilforsvaret viser at behovet for og bruken av forsterkning frå Sivilforsvaret er aukande. Sett tilbake til 2013 er trenden ein jamn auke i Sivilforsvarets deltaking ved hendingar. Spesielt gjeld dette bistand i samband med skogbrann, ekstremvêr og flaum.

Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar. Redningstenesta er ein nasjonal dugnad, og hovudredningssentralane (HRS) i Nord-Noreg (HRS NN) eller Sør-Noreg (HRS SN) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar. Luft- og sjøredningsaksjonar er det i hovudsak HRS som organiserer, leier og koordinerer. HRS delegerer som oftast leiinga og koordineringa av landredningsaksjonar til den lokale redningssentralen (LRS). Talet på hendingar som er registrerte ved HRS, er meir enn dobla dei siste ti åra.

Den frivillige innsatsen er svært viktig for regjeringas mål om å sørge for trygg beredskap for samfunnet. Å vidareføre samarbeidet med dei frivillige organisasjonane er viktig for regjeringa.

1.5.2 Utfordringar

Dei siste åra har utfordringsbiletet endra seg betydeleg og raskt på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Klimaendringar, sårbarheit knytt til teknologi, helseutfordringar, migrasjon, terror, tryggingspolitiske utfordringar og hybride hendingar er døme på slike utfordringar.

Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn er regjeringas strategi for samfunnstryggleik i eit fireårsperspektiv. I meldinga framhevar regjeringa åtte områda som er særs viktige for samfunnstryggleiken. Dei fire første gjeld spesifikke truslar og risikoar for samfunnstryggleiken. Dei fire siste områda handlar om ulike aspekt ved arbeidet for å betre samfunnstryggleiken og handteringsevna, uavhengig av konkrete risikoar. Dei åtte områda er:

  • digitale sårbarheiter og IKT-tryggleik

  • alvorleg kriminalitet

  • alvorlege naturhendingar

  • smittsame sjukdommar og farlege stoff – ein styrkt CBRNE-beredskap

  • evna vår til å handtere hendingar

  • sivilt–militært samarbeid og totalforsvaret

  • haldningar, kultur og leiing for god samfunnstryggleik

  • læring etter øvingar og hendingar

Trusselbiletet vil i 2019 vere prega av samansette utfordringar. Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er utfordrande. Fleire europeiske land er utsette for alvorlege terrortruslar, samstundes som etterretningstenester i framande land viser evne og vilje til å bruke tilgjengelege middel mot nabolanda sine for å fremme eigne interesser. Verkemidla dei nyttar, spenner over eit breitt spekter: frå tradisjonell etterretning til bruk av hybride truslar som datanettverks- eller informasjonsoperasjonar, og bruk av folkerettsstridige middel gjennom kriminelle, paramilitære og militære aktørar.

Sidan truslane er felles, må løysingane òg til dels vere det. Noreg må som ein del av eit Europa i endring aktivt støtte opp under at mellom anna EU framleis prioriterer å sikre eit høgt tryggleiksnivå, samstundes som dei grunnleggjande rettane til enkeltpersonar blir varetekne.

NATO set i dag tryggleiken og funksjonsevna til sivilsamfunnet høgt på dagsordenen. Det heng saman med bl.a. hendingar i Ukraina og andre land i Aust-Europa, som har gjort det tydeleg at sivile funksjonar kan vere mål for operasjonar som bl.a. har til formål å destabilisere myndigheiter og samfunn. Utviklinga har ført med seg eit fornya behov for å sjå Forsvaret og tryggleiken til sivilsamfunnet under eitt.

I åra som kjem, vil samfunnet møte stadig større og meir komplekse IKT-tryggleiksutfordringar. IKT-infrastruktur og -system blir meir globale, omfattande og integrerte. Fleire einingar blir kopla til internett, bruken av skytenester vil auke, og fleire IKT-funksjonar blir sette ut til tredjepartar. Utsetjing av IKT-tenester til profesjonelle aktørar kan gi større tryggleik og meir stabile og tilgjengelege tenester til lågare kostnader. Like fullt kan tenestutsetjing føre til høgare risiko pga. mindre kontroll over stadig meir komplekse verdikjeder.

Det kan vere krevjande å avdekke om ei hending som rammar ein kritisk samfunnsfunksjon, er ei planlagd handling som ledd i ein militær operasjon, ei kriminell handling eller ein systemfeil. Arbeidet med hybride utfordringar vil auke i omfang og vil krevje betre koordinering både internt, interdepartementalt, med private aktørar og internasjonalt.

Eit gjennomgåande trekk ved kriminalitetsutviklinga er at kriminaliteten stadig blir meir teknologisk avansert, organisert og grenseoverskridande. Kriminalitetsområde som i særleg grad kan true samfunnstryggleiken, er:

  • radikalisering og valdeleg ekstremisme

  • etterretning mot Noreg og norske interesser

  • kvitvasking og finansiering av terror

Kriminalitetsbiletet krev høg fagleg kompetanse i politiet og samordna innsats, både nasjonalt og internasjonalt. Nærpolitireforma er eit viktig grep for å få eit politi som har kapasitet og kompetanse til å førebyggje, etterforske og påtale kriminelle handlingar og sikre tryggleiken til innbyggjarane i møte med dagens kriminalitetsbilete og kriminalitetsbiletet i framtida.

IKT-relatert kriminalitet blir ikkje sett på som ein egen kriminalitetskategori, men som ein modus eller ein ny arena for kriminalitet.

Personar og grupper som er inspirerte av ekstrem islamistisk ideologi, utgjer framleis den største trusselen mot Noreg. PST vurderer at det er mogleg at det vil komme forsøk på terrorangrep. Utviklinga går òg i retning av eit tydelegare fiendebilete blant høgreekstreme, retta mot konkrete personar og grupper.

Fysisk sikring av objekt i tråd med regelverket for skjermingsverdige objekt er kostbart, og kostnader av fysiske sikringstiltak må vurderast opp mot nytten av dei. Andre løysingar som kan redusere behovet for kostbare fysiske sikringstiltak, bør òg vurderast. Ein kan t.d. gjere seg mindre avhengig av enkelte objekt gjennom å ha fleire objekt som kan drive den same funksjonen. Den nye tryggingslova med forskrifter søkjer å legge betre til rette for at det er den faktiske funksjonen som blir klassifisert og ikkje den fysiske materielle gjenstanden funksjonen tilfeldigvis blir utøvd frå.

Svalbard

Regjeringa har som mål at Longyearbyen skal vere attraktivt for familiar, og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og understøtte dei overordna måla i svalbardpolitikken. Longyearbyen er i omstilling pga. nedtrappinga av kolverksemda på Svalbard. I samband med statsbudsjettet for 2018 vart det avgjort at gruveverksemda i Svea/Lunckefjell skal avviklast, og at oppryddinga blir sett i gang. Infrastrukturen i Svea blir skalert ned til eit minimum, og det er ikkje aktuelt å leggje til rette for å bruke Svea til annan aktivitet når oppryddinga er ferdig. Gruvedrifta sysselset i vesentleg grad nordmenn, mens nye arbeidsplassar innan reiseliv og forsking i større grad sysselset utlendingar. Til no ser det ikkje ut til at nedbemanninga i Store Norske dei siste åra har hatt særleg verknad på den totale sysselsetjinga og talet på innbyggjarar i Longyearbyen. Det samla folketalet er relativt stabilt.

Klimaendringar har gitt større snømengder og større fare for skred i Longyearbyen. Den nyaste skredrapporten frå NVE viser at skredfaren er større enn ein tidlegare har gått ut frå, dvs. at langt fleire hus enn før no er vurdert å vere utsette for skredfare. Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor monn frå 1970-talet. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. Varmare klima gir meir ustabil grunn, høgare potensial for erosjon og stor massetransport i elvene. Dette skaper ytterlegare utfordringar for infrastrukturen.

1.5.3 Mål og tiltak

Måla som vart fastsette på bakgrunn av dei politiske ambisjonane og utfordringane for samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda i 2018, blir vidareførte òg i 2019:

  • kunnskapsbasert førebygging

  • redusert sårbarheit i samfunnet

  • styrke samhandling i beredskap og krisehandtering

  • betre leiing og styrkt leiingskultur

Regjeringa foreslår følgjande nye hovudsatsingar for samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda i 2019:

  • objektsikring i politiet og andre verksemder i justissektoren – 336,7 mill. kroner

  • arbeid mot cybertruslar og hybride truslar i PST – 25 mill. kroner

  • NSMs kapasitet til inntrengingstesting for å gjere samfunnskritisk digital infrastruktur tryggare og meir robust – 10 mill. kroner

  • nasjonal forskingskompetanse innan kryptologi gjennom høgare basisløyving til Simula@UiB – 5 mill. kroner

  • IKTPLUSS: IKT-fyrtårn innan IKT-tryggleik – 10 mill. kroner

  • forsking på IKT-tryggleik i SAMRISK-programmet – 7 mill. kroner

  • arbeid med etablering av offentleg toårig fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell i Tjeldsund – 10 mill. kroner

  • forvaltning av Nødnett – 8,8 mill. kroner

  • skredsikring i Longyearbyen – 45 mill. kroner

  • nytt reservekraftverk i Longyearbyen – 19 mill. kroner

  • kompensasjon for meirverdiavgift til frivillige organisasjonar som nyttar Nødnett – 6,3 mill. kroner

1.6 Migrasjonskjeda

Migrasjon handlar om menneske som flyttar frå éin stat til ein annan, og omfattar både inn- og utvandring. Vi skil mellom fire hovudtypar migrasjon: arbeids-, utdannings- og familiemigrasjon og flukt. Det er ofte samansette årsaker og motiv for at personar vel å søke seg til eit anna land.

Migrasjonskjeda er definert som prosessen frå ein person søker om opphaldsløyve eller vern i Noreg, til opphaldsløyve, busetjing og deltaking i arbeids- og samfunnsliv, eller avslag og retur til heimlandet eller trygt tredjeland for dei som har søkt frå Noreg.

Innanfor ansvarsområdet til Justis- og beredskapsdepartementet involverer oppgåvene i migrasjonskjeda Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), Politidirektoratet (POD), og under dette Politiets utlendingseining (PU), politidistrikta, Nasjonalt ID-senter, Kripos og Politiets tryggingsteneste (PST). Ein omtale av busetjing og integrering er å finne i Prop. 1 S (2018–2019) for Kunnskapsdepartementet. Vertskommunar for asylmottak er òg sentrale aktørar i migrasjonskjeda. I tillegg er utanriksstasjonane òg ein del av førstlinja i utlendingsforvaltninga.

1.6.1 Utvikling og resultat

Færre utan behov for vern kjem til Noreg

Talet på personar som søker vern i Noreg, har dei siste to åra vore lågt. Noreg tok imot 3 560 asylsøkarar i 2017, som er om lag same nivå som i 2016. Noreg deltok frivillig i EUs relokaliseringsordning i 2016–2017 og tok imot til saman 1 510 asylsøkarar gjennom ordninga. Ser ein bort frå relokaliseringa, gjekk talet på asylsøkarar som kom til Noreg, ned med 28 pst. frå 2016 til 2017.

Figur 1.7 Utvikling i asyltilkomstar, relokaliserte og overføringsflyktningar

Figur 1.7 Utvikling i asyltilkomstar, relokaliserte og overføringsflyktningar

Det ser ut til at talet på asylsøkarar vil halde seg på eit lågt nivå òg i 2018.

Noregs del av asylsøkarane som kom til land i EU/EFTA, er blitt vesentleg mindre i 2016 og 2017 enn i åra før. Dessutan ligg talet på asylsøkarar per million innbyggjarar i Norge markert under snittet for EU-landa i 2016–2017, mens det låg over i 2014–2015.

Det er ulike grunnar til at det kjem få asylsøkarar. Det er sett inn fleire tiltak utanfor Noreg, bl.a. basert på samarbeid mellom EU og Tyrkia og land på Vest-Balkan om migrasjonskontroll, styrkt kystvakt i Libya, betre registrering av personar som kjem over Schengens yttergrense, og bruk av personkontroll på nokre indre grenser mellom Schengen-land. Det har ført til at færre asylsøkarar er komne til Europa, og at færre av dei som er komne til Europa, kjem vidare til Noreg. Òg endringar i regelverket blir antatt å ha bidratt til at talet som søker asyl, no er lågt. Ein går ut frå at signaleffektane av endringar i den norske innvandringspolitikken har medverka til at talet på personar som søker asyl i Noreg, har halde seg på eit lågt nivå. Mange kan i staden ha valt å søke asyl i andre land.

I 2017 var Noregs kvote for overføringsflyktningar på 3 120 plassar, der 3 000 plassar var for syriske flyktningar, og 120 var for andre nasjonalitetar. Dette var som følgje av Stortingets vedtak 19. juni 2015 om at Noreg skulle ta imot 8 000 syriske overføringsflyktningar i perioden 2015–2017, jf. Dokument 8:135 S (2014–2015). I 2018 er kvoten for overføringsflyktningar på 2 120 plassar.

I 2016 og 2017 auka Stortinget løyvinga til UDI for å redusere saksbehandlingstida og talet på ubehandla saker. Talet på ubehandla asylsaker er kraftig redusert etter 2015. Dei fleste av sakene UDI behandla i 2016 og starten av 2017, var saker frå 2015. Derfor auka gjennomsnittleg saksbehandlingstid for asylsøknader i denne perioden. Saksbehandlingstida har gått ned etter at ein stor del av restansane frå 2015 no er tekne unna.

Færre personar med plikt til å forlate landet

Figur 1.8 Tal på returar, 2013–2017

Figur 1.8 Tal på returar, 2013–2017

1 Inkluderer asylsøkarar med avslag, Dublin-returar og utviste/bortviste.

Kilde: UDI og politiet

Talet på utreisepliktige i mottak er redusert frå om lag 1 950 ved inngangen til 2017 til 1 440 utreisepliktige ved utgangen av 2017, ein nedgang på 26 pst. Nedgangen i asylsøkarar til Noreg og regjeringas satsing på retur har medverka til at det no er færre å returnere frå mottaka.

I 2017 avgjorde regjeringa å busetje einslege mindreårige asylsøkarar med avgrensa løyve pga. uavklart identitet. Det har ført til at det no er færre einslege mindreårige asylsøkarar i mottak. Det er usikkert kor stor gruppa utreisepliktige utanfor mottak er. Ulike rapportar tyder på at fleire av dei som forlét mottak, òg har forlate landet.

I løpet av 2017 reiste 569 personar med assistert retur. Det er ein nedgang på over 60 pst. samanlikna med 2016. Politiet uttransporterte i 2017 over 5 400 personar utan lovleg opphald, der 39 pst. av dei var pålagde éin eller fleire straffereaksjonar i Noreg. Måltalet for 2017 var 9 000. Talet på uttransporterte i 2017 var lågare enn tidlegare år, og det ligg an til å bli lågare i 2018 enn i 2017. Måltalet om 7 500 tvangsreturar i 2018 vil dermed truleg ikkje bli nådd. Færre returar heng i vesentleg grad saman med at det no er langt færre å returnere pga. nedgangen i talet på asylsøkarar og mange returar i perioden 2014–2016.

Samstundes er det viktig kven som reiser, ikkje berre kor mange. Våren 2016 utvikla Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet felles landstrategiar for retur til særleg utfordrande opphavsland. Resultatet av landstrategiane er at det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land. Det har gjort at politiet i større grad har greidd å returnere folk til land det tidlegare vart rekna som umoglege å returnere til, som Somalia og Marokko. UDI og Politiets utlendingseining har òg styrkt innsatsen for å få til returar av utreisepliktige personar som er spesielt ressurskrevjande å ta vare på. Dette gjeld personar som bur i særskilde butilbod, tilrettelagde avdelingar i mottak og i fengsel.

I 2017 vart det effektuert 53 vedtak om soningsoverføring, som er ein liten nedgang frå 65 i 2016. Årsaka er mellom anna problem med uventa forhold knytte til planlagd uttransport og dårlege soningsforhold i Romania, som gjer overføring dit vanskeleg.

Avklaring av identitet

Ei rekkje utviklingstiltak er sette i gang dei siste åra for å gi sikrare og meir effektiv kontroll og avklaring av identitet. Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsmyndigheitene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve med feil identitet.

1.6.2 Utfordringar

Talet på asylsøkarar og irregulære migrantar til Europa har vore nokså stabilt sidan hausten 2016. Dette heng saman med tiltak fleire europeiske land har sett i verk på yttergrensa, og europeisk samarbeid med naboland. Desse landa har teke større ansvar for å kontrollere den irregulære migrasjonen, men det er ein skjør situasjon som kan endre seg raskt. Sjølv om migrasjonspresset mot Europa er lågare enn i 2015/2016, held det fram, og samarbeidet med nabolanda er utfordrande. Migrasjonspotensialet er framleis stort, og det er ingen informasjon som tyder på at motivasjonen for å emigrere til Europa er redusert. Fleire naboland til Europa er prega av konflikt og manglande stabilitet. Talet på flyktningar og irregulære migrantar er framleis høgt i desse områda, og potensialet for at mange skal forsøke å komme seg vidare til Europa, er stort.

I siste analyse av asylsøkartal framover blir det anslått at det vil komme mellom 2 000 og 7 000 asylsøkarar til Noreg i 2019, og prognosen er sett til 3 000 i 2019. Det er vanskeleg å vite korleis det internasjonale migrasjonsbiletet vil utvikle seg i åra som kjem, og det er derfor krevjande å anslå talet på asylsøkarar til Noreg. Den kraftige auken hausten 2015 viser at situasjonen kan endre seg raskt.

Uvisse kring talet på asylsøkarar skaper utfordringar for tilpassinga og planlegginga i forvaltninga, spesielt knytte til effektiv drift av asylmottak. Det er utfordrande å tilpasse mottakskapasiteten i takt med skiftingar i behovet. Nedbygginga av mottakskapasiteten som følgje av reduserte tilkomstar, har redusert offentlege utgifter. Samstundes gir færre mottaksplassar redusert kapasitet til å handtere raske aukar i talet på asylsøkarar.

Målgruppa for retur har blitt mindre, men meir krevjande. Dette må sjåast i samanheng med nedgangen i talet på nye asylsøkarar og eit høgt tal returar i perioden 2014–2016. Ein stor del av dei utreisepliktige i mottak er som resultat av dette lengeverande, dvs. personar som har vore i mottak i meir enn to år etter avslag i asylsaka si. Desse er vanskelegare å motivere til assistert retur. Om lag 75 pst. av dei med utreiseplikt som oppheld seg i mottak per 31. august 2018, kjem frå land som i liten grad samarbeider om å ta tilbake eigne borgarar, t.d. ved ikkje å bidra til avklaring av rett identitet. Desse forholda gjer òg tvangsretur vanskeleg. Ei rekkje personar har forsvunne frå mottaka. Det er usikkert kor stor gruppa utreisepliktige utanfor mottak er, og kvar dei oppheld seg. Ulike rapportar tyder på at fleire av dei som forlét mottak, òg har forlate landet. Mange som skal returnerast, unndrar seg uttransporten, og fleire finn måtar å leve og arbeide i skjul på. Det er utfordrande å nå gruppa som forlèt mottak, men framleis oppheld seg i Noreg, med effektive returtiltak samanlikna med dei som bur i mottak.

Over 2 100 personar med straffereaksjon vart uttransporterte i 2017. Trass i svært mange uttransporar og at personar som er pålagde straffereaksjonar, er blitt prioriterte, er det framleis ei utfordring at ein del utlendingar som er ein alvorleg kriminalitetstrussel, oppheld seg ulovleg i Noreg.

Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsmyndigheitene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve på feil identitet. Å kjenne identiteten til personar som oppheld seg i Noreg, er viktig, anten vedkommande har fått opphaldsløyve før han eller ho kom til landet, skal få opphaldsløyve i Noreg eller skal forlate landet. At utlendingsmyndigheitene i størst mogleg grad registrerer rett identitet på personar, gir større tryggleik òg for anna offentleg forvaltning. Utlendingar med ukjend bakgrunn og identitet som oppheld seg i landet, kan utgjere ein tryggleiksrisiko og ei kriminalitetsutfordring.

Reglane for å få opphaldsløyve er tufta på at søkarane gir utlendingsmyndigheitene riktige opplysningar, og at dei legg fram gyldige dokument. Dette gjeld både i asylsaker og i andre opphaldssaker der grunnlaget for opphald er utdanning, arbeid eller familie. Det er oppdaga at personar har fått opphald basert på urette opplysningar. Når ein person har fått opphald basert på urette opplysningar, gir regelverket høve til å kalle tilbake opphaldsløyvet og gjere vedtak om å vise personen ut av landet. Til dømes blir familieinnvandringsregelverket forsøkt misbrukt ved proformaekteskap, gjennom gjentakande innvandring og feil opplysningar om slektskap, mens asylinstituttet blir forsøkt misbrukt gjennom urette opplysningar om nasjonalitet og behovet for vern. Det er òg døme på at personar misbruker asylinstituttet ved å søke om asyl idet dei blir pågripne for kriminelle handlingar. Det er eit problem når personar bryt regelverket og bevisst gir feil informasjon for å få opphald i Noreg. Å kontrollere informasjon og avdekke misbruk er ressurskrevjande for utlendingsforvaltninga.

1.6.3 Mål og tiltak

Justis- og beredskapsdepartementet har følgjande mål for migrasjonskjeda for 2019:

  • få asylsøkarar utan behov for vern

  • rask retur av personar utan lovleg opphald

  • få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag

Regjeringa foreslår følgjande nye hovudsatsingar for migrasjonskjeda i 2019:

  • løyve 10 mill. kroner til UDI, politiet og utanriksstasjonane for å styrke arbeidet med å kalle tilbake opphaldsløyve som er gitt på feil grunnlag, og auke bruken av DNA-testing i familiesaker

  • auke kvoten for overføringsflyktningar frå 2 120 til 3 000

1.7 Rettstryggleik og sivil rettspleie

Fleire av ansvarsområda til Justis- og beredskapsdepartementet på det sivilrettslege området er knytte til ordningar og oppgåver som går ut over skildringane av dei tre kjedene. Dette gjeld bl.a. domstolane si behandling av sivile saker, sivile forvaltningsoppgåver og gjeremål i politiet og andre sivilrettslege ordningar.

Domstolane er den tredje statsmakta og den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet, anten saka gjeld arbeidsforhold, familieforhold, økonomi, offentlege vedtak eller andre rettslege tvistar utanfor strafferetten. Konfliktar kan løysast både gjennom mekling og ved dom. Forliksråda er eit rimeleg og effektivt tvisteløysingsorgan der ein stor del av tvistesakene blir endeleg løyste. Avgjerder frå forliksråd kan bringast inn for tingretten.

Konfliktråda behandlar òg sivile saker og bidrar til at partane saman kjem fram til ei løysing på ein konflikt på ein kostnadseffektiv måte. Politiet har ansvar for ei rekkje sivile rettspleie- og forvaltningsoppgåver, bl.a. tvangsfullbyrding, gjeldsordning, mellombels sikring, stemnevitnefunksjon, og pass-, våpen- og vaktverksemdsforvaltning.

Blant dei sivilrettslege ordningane i justissektoren skal verjemålsordninga ta vare på menneske som ikkje kan sørge for sine eigne interesser. Ei anna sivilrettsleg ordning er rettshjelpsordninga, der det offentlege heilt eller delvis dekker advokatbistand i nærmare bestemte saker.

Eit felles formål for desse ulike ansvarsområda og ordningane er å ta vare på rettstryggleiken til enkeltpersonar, noko som står sentralt for ein rettsstat som Noreg, er viktig for den det gjeld, for samspelet mellom borgarane og for samfunnet som heilskap.

1.7.1 Utvikling og resultat

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for avgjorde tvistesaker i domstolane var uendra frå 2016 til 2017. Tingrettane heldt seg samla sett innanfor måla Stortinget har sett for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tvistesaker. Den samla gjennomsnittlege saksbehandlingstida i tvistesaker var på 5,2 md. i 2017, uendra frå 2016. Dei fleste tingrettane når måla Stortinget har sett for tvistesaker, 75 pst. av tingrettane når målsetjinga for saksbehandlingstid i 2017. I 2017 var det ein reduksjon i talet på innkomne tvistesaker på 5 pst. Tingrettane behandla fleire saker enn det som kom inn i 2017, men færre enn året før, og behaldninga av saker vart redusert.

Etter fleire år med reduksjon i gjennomsnittleg saksbehandlingstid for lagmannsrettane gjekk denne noko opp igjen frå 2016 til 2017, frå 5,8 md. til 6,4 md. Talet på ankar over dommar i tvistesaker har auka jamleg i lagmannsrettane, men vart noko redusert i 2017. Lagmannsrettane har behandla eit høgt tal sivile saker sidan 2014. Talet på behandla saker gjekk ned frå 2016 til 2017, men behaldninga av saker vart likevel redusert noko.

Elektronisk samhandling er avgjerande for å realisere ambisjonen om ein heildigital rettsprosess, også på sivilsakssida. I 2018 vart det obligatorisk for advokatar å bruke Aktørportalen til å kommunisere digitalt med domstolane. Bruk av Aktørportalen inneber at domstolane kan samhandle elektronisk med advokatar i sivile saker, og at advokatar kan sende inn salærkrav elektronisk i straffesaker.

Den samla offentlege finansieringa av rettshjelp er omfattande. Utgiftene til rettshjelp gjekk noko ned i 2017, og nedgangen i mengda asyltilkomstar er truleg ei av årsakene. Inntektsgrensene for fri rettshjelp har vore uendra sidan 2009. Dette har resultert i at stadig færre personar oppfyller dei økonomiske vilkåra for fri rettshjelp. Saker utan behovsprøving har på si side vore upåverka av dei uendra inntektsgrensene. Dette inneber at ein stadig større del av dei totale utgiftene til rettshjelp går til saker utan behovsprøving. Barnevernssaker og nokre typar utlendingssaker er eksempel på saker i denne kategorien. Rettshjelp i barnevernssaker, som blir gitt uavhengig av inntekt og formue, er den største utgiftsposten.

Regjeringa set innan utgangen av 2018 ned eit offentleg utval som skal gå gjennom ordninga for fri rettshjelp. Målet er meir målretta bruk av ressursar og ei innretting av det offentlege tilbodet om rettshjelp som sikrar dei som treng det mest.

Ny verjemålslov tok til å gjelde 1. juli 2013 og gav grunnlag for ei omfattande reform ved overføring av ansvar og oppgåver frå overformynderia til fylkesmannen som førstelinje, i tillegg til at Statens sivilrettsforvaltning vart nytt klage- og tilsynsorgan. Gjennomføringa av verjelmålsreforma var meir utfordrande enn venta. Verjemålsforvaltninga vart som følgje av dette styrkt med 43 mill. kroner i 2018. Utfordringane er under kontroll, bl.a. ved at saksbehandlingssystemet har blitt meir stabilt, og at både fylkesmannen og Statens sivilrettsforvaltning den seinare tida har hatt større kapasitet til å byggje kompetanse.

Talet på verjemål og storleiken på midlane som blir forvalta, viser framleis ein aukande tendens. Ved utgangen av 2017 var det registrert over 65 000 personar med verje og om lag 1 700 representantoppdrag for einslege mindreårige asylsøkarar. Den stadige auken i talet på verjemål gjer det nødvendig å løfte fram framtidsfullmakter som ei alternativ løysing i mange saker, der ein ikkje på same måte som ved ordinære verjemål er avhengig av medverknad frå myndigheitene. Framtidsfullmakter vil kunne redusere dei offentlege utgiftene knytte til verjemålsordninga.

Ansvarsområde innanfor straffesakskjeda, samfunnstryggleikskjeda og migrasjonskjeda

Fordelinga av ansvaret for verkemidla som er knytte til straffesakskjeda, migrasjonskjeda og samfunnstryggleikskjeda, går fram av tabellane under.

Tabell 1.2 Justis- og beredskapsdepartementets sektoransvar for kriminalitetspolitikken

førebyggjande arbeid

politiet, kriminalomsorga, konfliktråda

etterforske og påtale kriminalitet, operativt politiarbeid

politiet, påtalemakta

rettsbehandling i domstolane

Domstolsadministrasjonen, domstolane

gjennomføring av straff og varetekt

kriminalomsorga, konfliktråda

gjenoppretting

Kontoret for voldsoffererstatning, konfliktråda

Tabell 1.3 Andre departement med verkemiddel knytte til straffesakskjeda

førebyggjande arbeid

Kunnskapsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet

Kulturdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Tabell 1.4 Justis- og beredskapsdepartementets ansvar for migrasjonskjeda

politiet og UDI

registrering av asylsøknader, kartlegging av reiseruter

politiet, UDI, UNE og Nasjonalt ID-senter

avklaring av identitet

UDI

behandle asylsøknader, gjere asylintervju og ev. alderstest, forvalte advokatvaktordning

UDI

innkvartere asylsøkarar i mottak, medrekna omsorgsansvar for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år

UDI

tilretteleggje for eigeninitiert og assistert retur

UNE

behandle asylsøknader i andre instans og oppmodingar om omgjering av eigne vedtak

PST

vurdere omsynet til grunnleggjande nasjonale interesser i enkeltsaker

politiet

driftar politiets utlendingsinternat Trandum og gjennomfører tvangsretur og assistert retur med følgje

førstelinje ved søknad om opphaldsløyve i Noreg

Statens sivilrettsforvaltning / UDI

fri rettshjelp/advokatordning

Statens sivilrettsforvaltning

representantordning for einslege mindreårige asylsøkarar

Tabell 1.5 Andre departements ansvar innanfor migrasjonskjeda:

Barne- og likestillingsdepartementet

barneverntenester til alle barn i landet

bu- og omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år

tilskot til organisasjonar som fremmar interessene til asylsøkarar

Kunnskapsdepartementet

barnehage

grunnskule

vidaregåande opplæring

busetjing, introduksjonsordning og norskoplæring

Utanriksdepartementet

vurderer utanrikspolitiske omsyn i enkeltsaker

bidra i arbeidet for fleire returavtalar og bruke Noregs posisjon til å sikre fleire avtalar

førstelinje ved søknad om opphaldsløyve frå utlandet

Helse- og omsorgsdepartementet

helse- og omsorgstenester

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

planlegging og byggesaksbehandling (mottaksdrift)

generelle tilskot til kommunar

bustøtte

Tabell 1.6 Ansvarsfordeling mellom departementa for tverrsektorielle område i samfunnstryggleiksarbeidet

Samfunnskritiske funksjonar og område

Hovudansvarleg departement

Utøvande verksemder/ forvaltningsnivå

Andre departement med ansvar

elektronisk kommunikasjonsnett og -tenester (Ekom)

SD

Nasjonal kommunikasjons-myndighet (Nkom), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Forsvaret, ekomtilbydarar

JD, FD

IKT-tryggleik i sivil sektor

JD

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), NorSIS, Datatilsynet, Nkom, DSB, eigarar av kritisk viktige IKT-system, digitale register og arkiv, Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi)

SD, KMD, dei andre departementa

satellittbasert kommunikasjon og navigasjon

SD

Norsk romsenter, KSAT, Space Norway AS, Kystverket, Nkom, Statens kartverk

JD, NFD, KMD

kraftforsyning

OED

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon (KBO), Statnett SF, Statkraft, fjernvarmeselskap, kraft- og nettselskap, DSB, Meteorologisk institutt

JD, KLD

vatn og avløp

HOD

Mattilsynet, Helsedirektoratet (Hdir), Statens helsetilsyn, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Miljødirektoratet, Statens strålevern, vassverkseigarar (offentlege og private vassverk), fylkesmennene, kommunane

KLD

forsyningstryggleik

NFD

Landbruksdirektoratet, Fiskeridirektoratet, DSB, Petroleumstilsynet (Ptil), matvarenæringane, drivstoffnæringane, bygg- og anleggsbransjen, sjøfartsnæringane, transportbransjen, fylkesmennene, kommunane, Forsvaret

LMD, SD, HOD, ASD, JD, FD, OED

transport

SD

Statens vegvesen, Avinor, Bane NOR SF, Luftfartstilsynet, Kystverket, Statens jernbanetilsyn, Sjøfartsdirektoratet, hamnevesen, Norges Rederiforbund, NORTRASHIP, Meteorologisk institutt, DSB, fylkeskommunar, kommunar, transportaktørar

NFD, KLD, JD

finansielle tenester

FIN

Noregs Bank, Finanstilsynet, finansføretak

helse og omsorg

HOD

Statens helsetilsyn, Hdir, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Direktoratet for e-helse, Statens strålevern, Statens legemiddelverk, Havforsk-ingsinstituttet, Mattilsynet, Vitskapskomiteen for mattryggleik, Veterinærinstituttet, arbeids- og velferdsetaten (NAV), Norsk helsenett SF, DSB, Sivilforsvaret, dei regionale helseføretaka, helseføretaka, fylkesmennene, kommunane, Forsvaret

ASD, LMD, NFD, JD, FD

lov og orden

JD

Politidirektoratet (POD) / politiet, Politiets tryggingsteneste (PST), DSB, Sivilrettsforvaltningen, Riksadvokaten, Kriminalomsorgsdirektoratet, Domstoladministrasjonen, Datatilsynet, Utlendingsdirektoratet (UDI), Tolldirektoratet/tolletaten, Forsvaret

FIN, FD, KMD, HOD

redningsteneste

JD

hovudredningssentralane (HRS), POD, politiet, DSB, Sivilforsvaret, Hdir, dei regionale helseføretaka, helseføretaka, Forsvaret, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) / industrivern, DSB, Avinor, redningshelikoptertenesta, luftambulansetenesta, fylkesmennene, kommunane, frivillige organisasjonar

FD, HOD, SD

styring og kriseleiing

JD

POD, politiet, PST, DSB, NSM, Hdir, Statens strålevern, Forsvaret, Norsk rikskringkasting (NRK), Statens kartverk, andre etatar, fylkesmennene, kommunane

SMK, UD, FD, HOD, KUD, KMD, dei andre departementa

forsvar

FD

Forsvaret, NSM, Forsvarets forskingsinstitutt, Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell

JD, SD, OED, NFD, HOD, UD

natur og miljø

KLD

Fiskeridirektoratet, Kystverket, Miljødirektoratet, Meteorologisk institutt, NVE, Noregs geologiske undersøking (NGU), Ptil, Norsk polarinstitutt, Statens strålevern, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, DSB, Forsvaret, fylkesmennene, kommunane

NFD, SD, OED, ASD, LMD, JD, HOD, FD

Oversikta over viser kva ansvar departementa har for 14 sentrale område innan samfunnstryggleik. Områda er tverrsektorielle samfunnsfunksjonar som er viktige for samfunnstryggleiken, der fleire departement har ansvar, og der det er avhengnader. Det er peika ut eit hovudansvarleg departement for kvart av områda, jf. instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen), fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 1. september 2017. Innanfor hovudansvarsområda sine skal departementa:

  • sørge for at det blir utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalysar for dei kritiske samfunnsfunksjonane som departementet har hovudansvar for, og at desse blir vedlikehaldne

  • ha oversikt over tilstanden knytt til sårbarheiter for dei områda som departementet har hovudansvar for, og utarbeide status- og tilstandsvurderingar for desse, som blir lagde fram for Stortinget i dei årlege budsjettproposisjonane – status- og tilstandsvurderingane blir utarbeidde etter ein tidsplan Justis- og beredskapsdepartementet fastset

  • avklare ansvar mellom relevante aktørar, medrekna å identifisere eventuelle gråsoner eller overlappande ansvarsområde – i saker der det er usemje mellom departementa, skal saka leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet

  • planleggje og gjennomføre felles øvingar, evaluere og følgje opp læringspunkt

  • samarbeide med og leggje fram forslag til beredskapstiltak, -planar, regelverk og andre viktige saker for aktuelle departement

  • sørge for erfaringsutveksling og kompetanseheving for aktuelle aktørar

  • bistå Justis- og beredskapsdepartementet med informasjonsinnhenting og rapportering

Innføringa av hovudansvarlege departement inneber ikkje endring av sektoransvaret eller Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle, men er ei tydeleggjering av ansvaret. Hovudvekta i samordningsansvaret til Justis- og beredskapsdepartementet ligg på samordning mellom to eller fleire område.

1.8 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodings- og utreiingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2017–2018 og alle vedtak frå tidlegare stortings-sesjonar kor rapporteringa ikkje blei avslutta i samanheng med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), eller ev. i samanheng med behandlinga av meldinga til Stortinget om oppmodings- og utgreiingsvedtak. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. Det vil i desse tilfella vere ein referanse til kor denne teksten finnast.

I kolonne 4 i tabellen nedafor kommer det fram om departementet planlegg at rapporteringa knytte til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år. Rapporteringa på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, f.eks. proposisjon, stortingsmelding, utgreiing el.l., vil normalt avsluttast fyrst når saka er lagd fram til Stortinget.

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering skal avsluttast (ja/nei)

2012–2013

515

Sivilombodsmannen

nei

2013–2014

588

Storskog grensekontrollstasjon

ja

2014–2015

462

Foreldingsreglar

nei

2014–2015

523

Væpning av politiet

ja

2014–2015

618

Offentleglova

nei

2014–2015

645

Kompensasjonsordning 110-sentralar

nei

2015–2016

47

Bustadtransaksjonar

nei

2015–2016

68.18

Asylforliket punkt 18

ja

2015–2016

118

ROSA

nei

2015–2016

122

Menneskehandel GRETA

ja

2015–2016

123

Opphaldsløyve for offer for menneskehandel

nei

2015–2016

130

Lokale til sosial dumping

nei

2015–2016

444

Religiøse ledere

nei

2015–2016

818

Gjennomføring av avhøyr av mistenkte under 16 år ved Statens barnehus

nei

2015–2016

921

Tilsyn med drift av asylmottak

nei

2016–2017

94

Evaluering av kriminalomsorga

ja

2016–2017

96

Krenkingar av representantar frå andre statar

nei

2016–2017

98

Personvern

ja

2016–2017

101

Fri rettshjelp, gjennomgang av ordninga

ja

2016–2017

103

Tilbod tunge narkotikamisbrukere

nei

2016–2017

272

Barnesaker i domstolane

ja

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

nei

2016–2017

605

Strategi mot internettrelaterte overgrep

nei

2016–2017

613

Statistikk over tilrettelagde avhøyr som fører til domfelling

nei

2016–2017

621

Import av seksuelle dokker

ja

2016–2017

622

Besøksforbod

ja

2016–2017

623

Omvend valdsalarm

ja

2016–2017

624

Kode 6 (strengt fortruleg adresse)

ja

2016–2017

625

Nedsetjing av partnardrapsutval

ja

2016–2017

629

Rettstryggleik for barn som døyr plutseleg og uventa

nei

2016–2017

630

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

nei

2016–2017

631

Besøksforbod

nei

2016–2017

743

Au pair

nei

2016–2017

744

Au pair

nei

2016–2017

874

Fri rettshjelp

ja

2016–2017

879

EOS-kontrollova

nei

2016–2017

882

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

ja

2016–2017

885

Hundelova

nei

2016–2017

889

Innføring av tenestenummer i kriminalomsorga

nei

2016–2017

923

Handlingsplan mot valdtekt

nei

2016–2017

924

Oppfølging av utsette for valdtekt

nei

2016–2017

925

Overgrepsmottak

nei

2016–2017

926

Kompetanseheving – saker om valdtekt og overgrep

nei

2016–2017

930

Økt kompetanse på menneskehandel

ja

2016–2017

932

Sentral eining med ansvar for mindreårige offer for menneskehandel

ja

2016–2017

938

Lovfesting av ansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar

nei

2016–2017

944

Lagring av IP-data

nei

2016–2017

1035

Forsikringsordningar i bustadhandelen

nei

2016–2017

1036

Bustadkjøpars reklamasjonshøve

nei

2016–2017

1037

Tilstandsrapport ved bustadhandel

nei

2016–2017

1038

Autorisasjonsordning for takstmenn

nei

2016–2017

1039

Marknadsvurdering av takstmann

nei

2016–2017

1042

Bustadhandel – seljars rett til å utbetre manglar

nei

2016–2017

1043

Omvend valdsalarm

nei

2016–2017

1126

Nærpolitireforma

ja

2016–2017

1127

Nærpolitireforma

ja

2017–2018

23

Einslege mindreårige asylsøkarar

ja

2017–2018

24

Einslege mindreårige asylsøkarar

ja

2017–2018

25

Einslege mindreårige asylsøkarar

ja

2017–2018

26

Einslege mindreårige asylsøkarar

ja

2017–2018

46

Offentleg salærsats for advokatar

ja

2017–2018

59

Verjemål

nei

2017–2018

61

Beredskapssenter på Taraldrud

ja

2017–2018

67

Aktivitets- og rehabiliteringstilbod for innsette

ja

2017–2018

202

Diskriminering av transpersonar

nei

2017–2018

320

Konkurskarantene

nei

2017–2018

420

Barnets beste i asylsaker

ja

2017–2018

529

Våpeneigarar

nei

2017–2018

532

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

ja

2017–2018

538

Internering i barne- og familieinternat

ja

2017–2018

539

Alternativ til fengsling av barn

nei

2017–2018

540

Einslege mindreårige asylsøkarar

nei

2017–2018

541

Tvangsreturnering av barnefamilier

nei

2017–2018

542

Utvising og innreiseforbod – barn

nei

2017–2018

579

Styrking av lensmannskontor

ja

2017–2018

580

Tilstrekkelig bemanning ved tenestestader

ja

2017–2018

581

Ikkje legge ned soningsplassar

nei

2017–2018

586

Politiets arbeid med IKT-kriminalitet

nei

2017–2018

588

Personvernkommisjon

nei

2017–2018

589

Valdsoffererstatning

nei

2017–2018

590

Valdsoffererstatning

nei

2017–2018

698

Diskriminering – kjønnsuttrykk

nei

2017–2018

699

Kjøp av seksuelle tjenester

nei

2017–2018

710

Totalberedskapskommisjon

nei

2017–2018

727

Bustadshandel – forbrukarrettane

ja

2017–2018

786

Inndragning av pass

nei

2017–2018

787

Tiltak mot kjønnslemlesting

nei

2017–2018

788

Utanlandsopphald

nei

2017–2018

789

Tvangsekteskap

nei

2017–2018

790

Ærbarheitsattestar og uskyldskontrollar

nei

2017–2018

794

Avhoppere fra ekstreme miljøer

nei

2017–2018

795

Eget lovverk for Statens barnehus

nei

2017–2018

796

Organisatorisk plassering av Statens barnehus

nei

2017–2018

798

Regelverk for taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vold og overgrep

nei

2017–2018

854

Punktvæpning

ja

2017–2018

856

Mishandlingsbestemmelsen

nei

2017–2018

875

Aggressiv marknadsføring av forbrukslån

ja

2017–2018

899

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

nei

2017–2018

916

Utføring av DNA-analysar ved Rettsgenetisk senter

nei

2017–2018

917

Organisering av Rettsgenetisk senter

nei

2017–2018

918

Utvikling av IKT-løysingar knytte til Rettsgenetiske tenester

nei

2017–2018

919

Krav om leveranse frå Rettsgenetisk senter

nei

2017–2018

1002

Lokalisering av passkontor

nei

2017–2018

1008

Kapasitetsbehov ulike soningsformer

ja

2017–2018

1009

Osterøy avdeling

ja

2017–2018

1010

Bustadhandel – forbrukarrettane

ja

1.8.1 Stortingssesjon 2012–2013

Sivilombodsmannen

Vedtak nr. 515, 6. juni 2013

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å styrke Sivilombudsmannens rolle overfor forvaltningen ved å tillate at Sivilombudsmannen opptrer som hjelpeintervenient ved søksmål.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er dokument 8:122 S (2012–2013) og Innst. 379 S (2012–2013).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Justis- og beredskapsdepartementet tar sikte på å sende på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket i løpet av inneverande stortingssesjon.

Storskog grensekontrollstasjon

Vedtak nr. 588, 20. juni 2014

«Stortinget ber regjeringen sikre den nødvendige fremdrift i konseptvalgutredningen av grensekontrollstasjon ved Storskog i Finnmark.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014 og Innst. 260 S (2013–2014).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet mottok ei konseptvalutgreiing (KVU) 30. september 2015. Utgreiinga peikar på betydeleg usikkerheit knytt til prognosar for framtidig trafikk og talet på grensepasseringar over Storskog, men trafikken er venta å auke på sikt.

Ny grensekontrollstasjon bør først vurderast når det er gjort nærmare avklaringar om arbeidet med ny grensestasjon på russisk side. Med bakgrunn i usikkerhet i prognosar for trafikk og talet på grensepasseringar, samt uavklarte planar på russisk side, avventar regjeringa vidare arbeid med utvikling av ny grensestasjon.

1.8.2 Stortingssesjon 2014–2015

Foreldingsreglar

Vedtak nr. 462, 17. mars 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme sak om foreldelsesregler for forsettlige handlinger som har døden til følge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge og Heidi Greni om fjerning av foreldelsesfristen for brudd på straffeloven § 148 første ledd første punktum andre straffalternativ (mordbrannparagrafen), jf. Dokument 8:4 L (2014–2015) og Innst. 172 L (2014–2015).

Justis- og beredskapsdepartementet tar sikte på å sende på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket i løpet av inneverande stortingssesjon.

Væpning av politiet

Vedtak nr. 523, 5. mai 2015

«Stortinget ber regjeringen evaluere de siste måneders praksis med bevæpning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Iselin Nybø, Sveinung Rotevatn og André N. Skjelstad om generell væpning av politiet, jf. Dokument 8:34 S (2014–2015) og Innst. 235 S (2014–2015).

Vedtaket er følgt opp. Væpningsutvalet overleverte utgreiinga NOU 2017: 9 Politi og bevæpning 29. mars 2017. Utgreiinga er send på høyring med frist 1. november 2017. Utvalet har bl.a. evaluert ordninga med framskoten lagring av våpen i bil og perioden med mellombels væpning. Evalueringa blir sett i samanheng med Politihøgskolens evalueringsprosjekt, som blir sluttført i løpet av 2018.

Offentleglova

Vedtak nr. 618, 8. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen om å evaluere endringen av offentleglova § 16 første ledd tredje punktum på egnet måte i løpet av tre år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingjerd Schou, Helge André Njåstad, Geir S. Toskedal, Ola Elvestuen og Jorodd Asphjell om endring av offentleglova (unnta fra innsynsretten byrådsnotater og drøftingsdokumenter til byrådskonferanser og forberedende byråd i kommuner/fylkeskommuner med parlamentatisk styreform), jf. Dokument 8:85 L (2014–2015) og Innst. 320 L (2014–2015).

Justis- og beredskapsdepartementet vil følgje opp vedtaket ved å sende på høyring ei sak om moglege endringar i offentleglova som følgje av den evalueringa av lova som allereie er gjord. Denne evalueringa vart gjord etter framlegget om evaluering av lova i Innst. O. nr. 41 (2005–2006). Dette framlegget vart vedteke av Stortinget 9. mai 2006. I dette høyringsnotatet vil høyringsinstansane òg bli bedne om å melde tilbake korleis endringa i offentleglova § 16 første ledd tredje punktum har verka, for dermed å bidra til å gjennomføre evalueringa.

Kompensasjonsordning 110-sentralar

Vedtak nr. 645, 10. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen utforme en kompensasjonsordning for 110-sentraler som blir nedlagt med ny struktur, og komme tilbake til Stortinget med forslag til en slik ordning på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 LS (2014–2015) og Innst. 306 S (2014–2015).

Justis- og beredskapsdepartementet har bede DSB om innspel til korleis ei slik ordning kan innrettast. DSB har i dette arbeidet innhenta eksterne vurderingar. Der kjem det fram at det er mykje uvisse kring rett kompensasjonsnivå. Dette dreier seg bl.a. om at ordninga berre må kompensere oppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova § 16 (2), at det er uvisse kring kor mykje ein kan få i inntekter frå eksisterande bygg, og kor mykje ein må betale i husleige i nytt bygg. Regjeringa vil derfor komme tilbake til Stortinget med forslag til ordning når dette i større grad er avklart.

1.8.3 Stortingssesjon 2015–2016

Bustadtransaksjonar

Vedtak nr. 47, 26. november 2015

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak som bidrar til tryggere boligtransaksjoner for både kjøper og selger, herunder det varslede arbeidet om takstmenn, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:68 S (2014–2015) og Innst. 46 S (2015–2016).

Regjeringa ønsker å følgje opp NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved salg av bolig ved å sjå nærmare på forslaga utvalet la fram. Ei oppfølging av utgreiinga vil òg omfatte vurderingar om rolla til takstmannen i bustadomsetninga og eventuelle lovregulerte forsikringsordningar. Regjeringa tar sikte på ein proposisjon i løpet av 2018.

Asylforliket punkt 18

Vedtak nr. 68, vedtakspunkt 18, 3. desember 2015

«Internasjonale konvensjoner er mindre tilpasset dagens situasjon enn den tid da de ble skrevet. For at både det internasjonale samfunnet og Norge skal være best mulig rustet til å håndtere store migrasjonsbølger, bes regjeringen ta et internasjonalt initiativ til en gjennomgang av internasjonale konvensjoner, for at disse i bedre grad kan tilpasses vår tids flyktningsituasjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 2 S (2015–2016). Vedtaket har bakgrunn i avtale mellom Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre frå 19. november 2015, «Tiltak for å møte flyktningkrisen» («asylforliket»), jf. vedlegg 2 til Innst. 136 S (2015–2016) til Dokument 8:14 S (2015–2016). Regjeringa si oppfølging av oppmodingsvedtaket blei omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) frå Justis- og beredskapsdepartementet, kapittel 11. Sjå òg omtale av saka i Meld. St. 7 (2017–2018), kapittel 3.5.

I behandlinga av Prop. 1 S (Innst. 16 S (2017–2018)) merkte kommunal- og forvaltingskomiteen seg i samband med behandlinga av asylforliket punkt 18 at til grunn for regjeringa si oppfølging ligg ei «intern gjennomgang og [komiteen] ber regjeringen gjøre denne kjent for Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa har valt å ta inn eit utførleg utdrag av det interne notatet «Statens handlingsrom under internasjonale konvensjoner om flukt og migrasjon - utvalgte spørsmål», sjå omtale under kategori 06.90.

På bakgrunn av gjennomgangen, og som varsla i blant anna Meld. St. 7 (2017-2018), fremmar regjeringa forslag til alternativt vedtak.

Stortinget samtykker i at regjeringa medverkar aktivt i dei breie internasjonale prosessane i EU og SN med det føremål å fremme tiltak som støttar opp om kontrollert og regulert migrasjon og å avgrense at det på irregulært vis kjem migrantar utan behov for vern eller anna grunnlag for lovleg opphald. Norge skal arbeide for å ta vare på statens folkerettslege handlingsrom og for at fleire land oppfyller internasjonale forpliktingar knytt til flukt og migrasjon. Norge tar ikkje på noverande tidspunkt initiativ til endring av sentrale konvensjonar av relevans for flukt og migrasjon eller til ei internasjonal gjennomgang av desse. Sjå òg romertallsvedtak nr. XIII.

ROSA

Vedtak nr. 118, 7. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen styrke ROSA og vurdere å gjøre det om til et permanent tiltak og sikre økonomisk forutsigbarhet for tiltaket.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Rigmor Andersen Eide om bekjempelse av vår tids slaveri, jf. Dokument 8:91 S (2014–2015) Innst. 62 S (2015–2016).

I handlingsplanen mot menneskehandel frå desember 2016 er det lagt opp til å vidareføre ROSA. I 2017 vart det gjennomført eit prosjekt for å betre bistanden til offera. Tilrådingane frå prosjektet innebar ei brei omorganisering av feltet og blir behandla av departementet. Sjølv om det er på det reine at ROSA skal vidareførast, må den nærmare rolla til ROSA vurderast i samanheng med andre styresmakter og organisasjonar som arbeider mot menneskehandel.

Menneskehandel – GRETA

Vedtak nr. 122, 7. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen vurdere om «slaveri og tilsvarende omstendigheter» bør tas inn som nye straffalternativ i straffeloven (1902) § 224, jf. GRETAs anbefaling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Rigmor Andersen Eide om bekjempelse av vår tids slaveri, jf. Dokument 8:91 S (2014–2015) Innst. 62 S (2015–2016).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert tilrådinga frå GRETA om endring av straffelova (2005) § 257 om menneskehandel, men ser ikkje grunnlag for å endre ordlyden. Strl. § 259 rammar den som bringar ein annan inn i slaveri eller driver med slavehandel eller transport av slavar eller personar bestemt for slavehandel. Samla er lovbestemmingane i samsvar med Konvensjonen om tiltak mot menneskehandel og andre internasjonale forpliktelser.

Opphaldsløyve for offer for menneskehandel

Vedtak nr. 123, 7. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å gi mennesker, hvor det er sannsynliggjort at de er ofre for menneskehandel, oppholdstillatelse i Norge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er eit representantframlegg frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Rigmor Andersen Eide om bekjempelse av vår tids slaveri, jf. Dokument 8: 91 S (2014–2015) og Innst. 62 S (2015–2016).

Offer for menneskehandel med høve for vern har rett til asyl i Noreg. Dersom søkaren ikkje oppfyller vilkåra for eit slikt opphaldsløyve, skal det vurderast å gi opphaldsløyve på bakgrunn av sterke menneskelege omsyn, òg i saker der det ikkje er aktuelt å straffeforfølgje bakmenn. Jamfør omtalen om oppfølginga av oppmodingsvedtaket i Prop. 1 S (2017–2018) punkt 11 s. 365. Kommunal- og forvaltningskomiteen har i Innst. 16 S (2017–2018) merknader til oppfølginga av vedtaket. Komitéfleirtalet uttaler at vedtaket inneber at det skal gjerast ei utgreiing av moglegheita for å gi offer for menneskehandel opphaldsløyve, òg der dei ikkje har krav på vern (asyl) og opphald i Noreg, og at dette ikkje er gjort trass i at det er utarbeidd ein ny handlingsplan. Oppmodingsvedtaket er under arbeid og vil bli følgt opp i tråd med fleirtalsmerknadene i Innst. 16 S (2017–2018).

Lokale til sosial dumping

Vedtak nr. 130, 7. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre straffeloven slik at den som leier ut lokaler og forstår at lokalet blir brukt til sosial dumping eller utviser grov uaktsomhet i denne sammenheng, skal kunne straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge og Per Olaf Lundteigen om endring av straffeloven slik at utleier kan holdes ansvarlig ved ulovlig virksomhet i lokaler som blir leid ut, jf. Dokument 8:117 S (2014–2015), Innst. 63 S (2015–2016). Kontroll- og konstitusjonskomiteen har i Innst. 275 S (2017–2018) merka seg at oppfølginga har teke usedvanleg lang tid.

Justis- og beredskapsdepartementet tar sikte på å sende på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket i løpet av inneverande stortingssesjon.

Religiøse ledere

Vedtak nr. 444, 12. januar 2016

«Religiøse ledere som gjennom sin virksomhet bidrar til å svekke integreringen, bør ikke få innvilget oppholdstillatelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Jonas Gahr Støre, Trond Helleland, Harald T. Nesvik, Knut Arild Hareide, Marit Arnstad og Trine Skei Grande om et felles løft for god integrering, jf. Dokument 8: 37 S (2015–2016).

Vedtaket er til behandling i departementet med sikte på et eventuelt høringsnotat i løpet av våren 2019. I samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet utgreier Justis- og beredskapsdepartementet om og på kva måte det kan vera formålstenleg med særskilde tiltak i reglane om opphaldsløyve for å nå formålet bak vedtaket.

Gjennomføring av avhøyr av mistenkte under 16 år ved Statens barnehus.

Vedtak nr. 818, 8. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere om avhør av barn og unge under 16 år som er mistenkt for seksuelle overgrep, skal gjennomføres ved Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om behandling av barn og unge som begår overgrep, jf. Dokument 8:55 S (2015–2016) og Innst. 349 S (2015–2016).

Det er fagleg gode argument for at avhøyr av barn under 16 år som er mistenkte for overgrep, skal gjennomførast ved Statens barnehus. Justis- og beredskapsdepartementet vil greie ut dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ei slik endring. Oppmodingsvedtaket er til behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tilsyn med drift av asylmottak

Vedtak nr. 921, 16. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen etablere en uavhengig tilsynsordning for asylmottaksdrift.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, var Meld. St. 30 (2015–2016) og Innst. 399 S (2015–2016).

Stortingsvedtaket om å etablere ei uavhengig tilsynsordning for mottaksdrift er til behandling hos Justis- og beredskapsdepartementet. Ei eventuell etablering av uavhengig tilsyn for asylmottak kan ha store økonomiske og administrative konsekvensar, og det er viktig at vedtaket er grundig utgreidd. Eit slikt arbeid vil ta noko tid, og dei førebelse utgreiingane til departementet tilseier at saka ikkje vil vere klar for gjennomføring i 2019. Departementet meiner ein derfor i staden bør ta stilling til eit eventuelt forslag om å etablere uavhengig tilsyn i budsjettet for 2020.

1.8.4 Stortingssesjon 2016–2017

Evaluering av kriminalomsorga

Vedtak nr. 94, 2. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen foreta en evaluering av kriminalomsorgen ut fra de mål som er beskrevet i proposisjonen og de alternative modeller for organisering som har vært drøftet, samt en trenivåmodell. Samarbeidende instanser, frivillige organisasjoner, ansatte- og brukerorganisasjoner bør involveres i evalueringen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 80 L (2016–2017), jf. Prop. 105 L (2016–2017).

Justis- og beredskapsdepartementet mottok evalueringsrapporten frå Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) i 2017. Rapporten er utarbeidd etter dei føringane Stortinget gav.

Oppmodingsvedtaket er følgt opp ved Difis evaluering. Departementet ga tidlegare i år Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) i oppdrag å gå gjennom forslaget til modell for organisering og levere ein ny gevinstrealiseringsplan basert på dei råda Difi gir. KDI leverte våren 2018 eit forslag til ny modell for organiseringa og ein gevinstrealiseringsplan.

Krenkingar av representantar frå andre statar

Vedtak nr. 96, 2. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i straffeloven 2005 § 184 a.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Vegar Solhjell, Audun Lysbakken, Heikki Eidsvoll Holmås og Snorre Serigstad Valen om opphevelse av straffeloven § 184 bokstav a vedrørende krenkelser av representanter fra andre stater, jf. Innst. 85 L (2016–2017) og Dokument 8:88 L (2015–2016).

Justis- og beredskapsdepartementet tar sikte på å sende på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket i løpet av inneverande stortingssesjon.

Personvern

Vedtak nr. 98, 2. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen se på om dagens personopplysningslov er tilstrekkelig til å ivareta personvern på en best mulig måte, inkludert barn og unges personvern.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Trine Skei Grande og Iselin Nybø om å opprette en personvernkommisjon for justissektoren, jf. Innst. 79 S (2016–2017) og Dokument 8:94 S (2015–2016).

Justis- og beredskapsdepartementet fremma 23. mars 2018 proposisjon til Stortinget med forslag til ny personopplysningslov som gjennomfører EUs personvernforordning, og oppmoding om Stortingets førehandssamtykke til å innlemme forordninga i EØS-avtalen, sjå Prop. 56 LS (2017–2018). Gjennom forslaget til ny personopplysningslov er oppmodingsvedtaket følgt opp. Stortinget vedtok den nye lova 22. mai 2018 (første gongs behandling) og gav samstundes samtykke til å innlemme forordninga i EØS-avtalen. Regjeringa arbeider òg med å etablere ein personvernkommisjon.

Fri rettshjelp – gjennomgang av ordninga

Vedtak nr. 101, 2. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av ordningen fri rettshjelp for å se om den bør utvides til flere områder, eller endres på andre måter, for å sikre at den blir mest mulig rettferdig, målrettet og effektiv.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om å styrke ordningen med fri rettshjelp, jf. Dokument 8:97 S (2015–2016) og Innst. 74 S (2016–2017) frå justiskomiteen.

Vedtaket er sett i samband med vedtak nr. 874, 12. juni 2017 om forslag om fri rettshjelp på likestillings- og diskrimineringsområdet.

Regjeringa har komme til at det skal setjast ned eit utval for å greie ut om det skal gjerast større omprioriteringar og endringar i ordninga. Det er lagt vekt på at utvalet skal gjere ei grundig vurdering av økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga sine. Vedtaket er følgt opp.

Tilbod tunge narkotikamisbrukere

Vedtak nr. 103, 2. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen om å komme til Stortinget på egnet måte med en vurdering av det samlede straffereaksjons- og behandlingstilbudet for tunge narkotikamisbrukere, og om innretningen av disse bør endres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 75 S (2016-2017), jf. Prop. 105 L (2016– 2017). Regjeringa har valt eit offentleg utval som skal kome med forslag til gjennomføring av ei rusreform. Utvalet skal levere utgreiinga si innan utgangen av 2019. Regjeringa la i juni 2017 fram strategien «Redusert tilbakefall til ny kriminalitet: Nasjonal strategi for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff 2017–2021». Eit av tiltaka i strategien er å «Vurdere det samlede straffereaksjons- og behandlingstilbudet under straffegjennomføring for personer med rusproblemer eller avhengighet, og om innretningen av dette bør endres.» Frist for det tiltaket er sett til seinast innan 2020. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Barnesaker i domstolane

Vedtak nr. 272, 16. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen om å styrke arbeidet med barnesaker i domstolene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2017–2017) og Innst. 6 S (2016–2017) frå justiskomiteen.

Regjeringa ønskjer ikkje å instruere domstolane i korleis dei skal prioritere mellom ulike sakstypar. Regjeringa er oppteken av at domstolane skal ha tilstrekkeleg kapasitet slik at Domstoladministrasjonen har rom til å prioritere barnesaker. Regjeringa følgjer opp vedtaket gjennom den generelle styrkinga av kapasiteten til domstolane. Det vises for øvrig til omtalen av Domstoladministrasjonens tiltak for å sikre god behandling av barnesakene i kategori 06.20. Vedtaket er med dette følgt opp.

Nedsettelsen av Særdomstolsutvalget var et ledd i arbeidet med å se på muligheter for å styrke arbeidet med barnesaker i domstolene. Utvalgets utredning har vært på høring og er til oppfølgning i Barne- og likestillingsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Det vises til omtale i kategori 06.20.

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvidet ansvar for selskapers ansvar for korrupsjonshandlinger.

Oppmodingsvedtaket er til behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og komme med forslag til lovendringar. Rapporten vil truleg bli send på høyring våren 2020.

Strategi mot internettrelaterte overgrep

Vedtak nr. 605, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utvikle en egen strategi for å forebygge og bekjempe internettrelaterte overgrep, som sikrer økt kompetanse og betre verktøy i politiet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Det er satt i gang eit arbeid for å utarbeide ein strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Statistikk over tilrettelagde avhøyr som fører til domfelling.

Vedtak nr. 613, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen arbeide med å forbedre tilgangen på relevant statistikk over hvor mange tilrettelagte avhør som medfører domfellelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av Prop. 12 S (2016–2017) Innst. 247 S (2016– 2017).

Det er gitt eit oppdrag til Statistisk sentralbyrå for å gjennomføre eit forskingsoppdrag som gir større kunnskap om korleis det går med saker om vald og seksuelle overgrep mot barn, frå melding, gjennom alle ledd i straffesakskjeda og fram til eventuell dom. Oppdraget er krevjande fordi ulike delar av straffesakskjeda bruker ulike datasystem, og fordi sakene òg må følgjast gjennom fleire årgangar. Saker er ikkje nødvendigvis politimelde, etterforska, påtaleavgjorde eller domfelte innanfor ramma av éin og same årgang. Rapporten frå SSB er noko forseinka og vil liggje føre innan utgangen av 2018.

Import av seksuelle dokker

Vedtak nr. 621, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for å tydeliggjøre straffeloven § 311 slik at import av seksuelle dukker fremstilt som barn blir kriminalisert.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Justis- og beredskapsdepartementet har merka seg at Fredrikstad tingrett i ein rettskraftig straffedom frå 3. november 2017 avgjorde at kjøp av seksualiserte dokker blir ramma av straffelova § 311. Departementet meiner såleis at det på det noverande tidspunktet ikkje er nødvendig å endre lova. Oppmodingsvedtaket er dermed følgt opp.

Besøksforbod

Vedtak 622, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere besøksforbudet, herunder hvordan politiet følger opp brudd på besøksforbud.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 12 S (2016–2017) og Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Evalueringa av ordninga med besøksforbod skal gjennomførast av Velferdsforskingsinstituttet NOVA, som ein del av forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar. Verknaden av lova på tryggleiken til trusselutsette, politiet sin bruk av dette tiltaket og oppfølginga i brotsituasjonar skal kartleggjast. Evalueringa skal i tillegg omfatte ei vurdering av dagens registreringsmåtar i straffesaksregisteret til politiet (STRASAK). Evalueringa skal leggjast fram i ein NOVA-rapport og skal vere ferdigstilt i september 2018. Vedtaket er med dette følgt opp.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 623, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen etablere retningslinjer for politiets samarbeid med øvrige tjenester ved bruk av omvendt voldsalarm, og sikre at bruken av omvendt voldsalarm blir kraftig utvidet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 12 S (2016–2017) og Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Justis- og beredskapsdepartementet har bede Politidirektoratet om å utvikle retningslinjer for samarbeidet mellom politiet og dei andre tenestene ved bruk av omvend valdsalarm. Vedtaket er sett i samanheng med oppmodingsvedtaka 612, 8. juni 2015 og 630, 25. april 2017. Retningslinjene skal ferdigstillast innan 31. oktober 2018, og Kripos gjennomfører arbeidet. Vedtaket er med dette følgt opp.

Kode 6 (strengt fortruleg adresse)

Vedtak nr. 624, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen etablere retningslinjer for politiets bruk av kode 6 (strengt fortrolig adresse), inkludert samarbeid med øvrige tjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 12 S (2016–2017) og Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Justis- og beredskapsdepartementet har bede Politidirektoratet om å etablere retningslinjer for politiet sin bruk av kode 6 (strengt fortruleg adresse), inkludert samarbeid med dei andre tenestene. Retningslinjene vart ferdigstilte i mai 2018 og er tilgjengelege på politiet si kompetansedelingsplattform KO:DE. Vedtaket er med dette følgt opp.

Nedsetjing av partnardrapsutval

Vedtak nr. 625, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen nedsette en gruppe/kommisjon som skal gjennomgå et utvalg av partnerdrapssaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 12 S (2016–2017) og Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Det skal setjast ned eit offentleg utval som skal greie ut spørsmål knytte til partnardrap, i løpet av 2018. Utvalet skal greie ut forhold som er rekna som viktige for å førebyggje desse drapa betre, bl.a. ved å kartleggje om offentlege myndigheiter kunne ha gjort meir, medrekna å identifisere risikofaktorar og handtere desse. Vedtaket er med dette følgt opp.

Rettstryggleik for barn som døyr plutseleg og uventa

Vedtak nr. 629, 25. april 2017, jf. Vedtak nr. 630, 8. juni 2015.

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere om rettssikkerheten for barn som dør plutselig og uventet, er ivaretatt på en tilstrekkelig måte, eller om det bør vurderes ytterligere tiltak, og utrede muligheten for å innføre obligatorisk dødstedsundersøkelse ved plutselig og uventet død.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe vold mot barn, jf. Dokument 8:54 S (2014–2015) og Innst. 315 S (2014–2015). Nytt einslydande vedtak vart gjort i samband med behandlinga av Prop. 12 S (2016 – 2017) Innst. 247 S.

Jf. omtale under vedtak nr. 629, 25. april 2017. For å styrke rettstryggleiken til barn som døyr plutseleg og uventa, vil det bli sett i gang eit arbeid for å greie ut bruk av romavlytting i saker med mistanke om at barn blir utsette for grov vald av omsorgspersonar. Per i dag er det ikkje heimel for å nytte romavlytting i desse sakene. Romavlytting vil kunne skaffe fram bevis som elles ikkje ville ha vore tilgjengelege, i form av diskusjonar i etterkant av avhøyr, fengsling, oppsøking av helsevesenet, på sjukehus o.a.

Ei eventuell innføring av obligatorisk dødsstadsundersøking ved plutseleg og uventa barnedødsfall vil utfordre både Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8. Politiet har likevel ei obligatorisk plikt til å setje i gang etterforsking når barn døyr plutseleg og uventa, med unntak der dødsårsaka openbert er naturleg.

Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 630, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Ei ekstern nordisk utgreiing om menneskerettslege rammer for kontakts- og opphaldsforbod vil ferdigstillast ved årsskiftet 2018/2019, og oppfølginga av vedtaket vil bli vurdert etter dette.

Besøksforbod

Vedtak nr. 631, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Ei ekstern nordisk utgreiing om menneskerettslege rammer for kontakts- og opphaldsforbod vil ferdigstillast ved årsskiftet 2018/2019, og oppfølginga av vedtaket vil bli vurdert etter dette.

Au pair

Vedtak nr. 743, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en lovendring som sikrer at familier ikke får motta au pair dersom en person i familien er ilagt straff, eller særreaksjon for forhold som kan føre til fengselsstraff, for handlinger mot en au pair.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø og Karin Andersen om avvikling av aupairordningen og strengere reaksjoner mot vertsfamilier som utnytter au pairer, jf. Dokument 8: 54 S (2016–2017) og Innst. 305 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Regjeringa sende 29. mai 2018 på høyring eit framlegg til endring av utlendingslova, som fastset ein tilgang til å gi varig karantene for vertsfamiliar som utnyttar aupairar.

Au pair

Vedtak nr. 744, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en lovendring for å sikre at vertsfamilier som grovt eller gjentatte ganger bryter lover eller regler som skal beskytte au pairer, kan miste retten til å ha au pair for alltid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø og Karin Andersen om avvikling av aupairordningen og strengere reaksjoner mot vertsfamilier som utnytter au pairer, jf. Dokument 8: 54 S (2016–2017) og Innst. 305 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Regjeringa sende 29. mai 2018 på høyring eit framlegg til endring av utlendingslova, som fastset ein tilgang til å gi varig karantene for vertsfamiliar som utnyttar aupairar.

Fri rettshjelp

Vedtak nr. 874, 12. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om fri rettshjelp med behovsprøving på likestillings- og diskrimineringsområdet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimeringsombudsloven) og Innst. 388 L (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er sett i samanheng med vedtak nr. 101 (2016–2017), 2. desember 2018.

EOS-kontrollova

Vedtak nr. 879, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen så snart som mulig komme med forslag til en endring i offentleglova § 5 tilsvarende § 16 fjerde ledd i forslag til EOS-kontrolloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 431 L (2016–2017) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om endringer i EOS-kontrolloven.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 4. juli 2018 på høyring eit utkast til endringar i offentleglova. Eitt av framlegga der er ei slik endring i offentleglova § 5 som Stortinget har bedt om. Departementet tek sikte på å fremje ein proposisjon om dette for Stortinget hausten 2018.

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

Vedtak nr. 882, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene i årsmeldingen for 2016 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.»

Dokumenta som ligg til grunn for saka, er årsmeldinga frå Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM), jf. Dokument 6 (2016–2017) og Innst. 435 S (2016–2017).

Justis- og beredskapsdepartementet har gjennomgått tilrådingane i årsmeldinga frå Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar. I programkategori 06.10 gir departementet ei generell vurdering av årsmeldinga og ein omtale av dei tre hovudområda omsorgstilbod for einslege mindreårige asylsøkarar, samane sin rett til sjøfiske og tilhøvet mellom Grunnlova § 102 og bruk av tvangsmiddel etter straffeprosesslova § 222 d og politilova § 17 d. Vedtaket er med dette følgt opp.

Hundelova

Vedtak nr. 885, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en helhetlig gjennomgang av hundeloven av 2003 for å sikre at reglene om hundehold bygger på et godt og velfundert grunnlag.»

Grunnlaget for vedtaket framgår av Dokument 8:71 S (2016–2017) om offentleg tryggleik og ansvarleg hundehald og Innst. 340 S (2016–2017).

Vedtaket er til behandling i Justis- og beredskapsdepartementet. Regjeringa vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte.

Innføring av tenestenummer i kriminalomsorga

Vedtak nr. 889, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen informere Stortinget på egnet måte om regjeringens konklusjoner i saken om innføring av tjenestenummer for ansatte i kriminalomsorgen, senest høsten 2017.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 413 S (2016–2017).

Ei partssamansett arbeidsgruppe nedsett av Kriminalomsorgsdirektoratet i 2017 gav tidlegare i år si tilråding om å innføre ei løysing med bruk av tilsattenummer til å identifisere tilsette ved rapportskriving og som brukarnamn i kriminalomsorga sitt etatssystem. Kriminalomsorgsdirektoratet ønskjer å innføre ei ordning med tenestenummer og vurderer no mogelege tekniske løysingar. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte så snart ordninga er teken i bruk.

Handlingsplan mot valdtekt

Vedtak nr. 923, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa leggje fram ein ny handlingsplan mot valdtekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt, jf. Dokument 8:127 S (2016–2017) og Innst. 342 S (2016–2017).

Regjeringa vil følgje opp vedtaket ved å leggje fram ein ny handlingsplan mot valdtekt. Handlingsplanen har satsingsområde kring førebyggjande tiltak, betre oppfølging av dei utsette og tiltak for å betre kvaliteten på etterforskinga og påtalearbeidet. Handlingsplanen blir utarbeidd av Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Oppfølging av utsette for valdtekt

Vedtak nr. 924, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa komme med tiltak som sikrar en meir samstemd oppfølging av voldtektsofre i møte med offentlige myndigheter, rettsapparat, politiet og helsevesenet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt, jf. Dokument 8:127 S (2016–2017) og Innst. 342 S (2016–2017).

I 2017 vart det etablert Støttesenter for kriminalitetsutsette i kvart av dei tolv politidistrikta. Støttesentera gir offer for integritetskrenkande kriminalitet psykososial støtte, oppfølging, informasjon og rettleiing gjennom heile straffesakskjeda.

Sjå i tillegg omtalen under vedtak nr. 923, 14. juni 2017. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte

Overgrepsmottak

Vedtak nr. 925, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa sikre voldtektsofre over hele landet tilgang til voldtektsmottak, samt sikre full finansiering av valdtektsmottakene».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt, jf. Dokument 8:127 S (2016–2017) og Innst. 342 S (2016–2017).

Dei regionale helseføretaka har frå 1. januar 2016 eit sørge for-ansvar for tilbod til vaksne og barn utsatt for seksuelle overgrep, og har inngått avtaler om vidareføring av robuste kommunale overgrepsmottak. Helse Nord RHF skal sikre at tilbodet til samiske vaksne og barn utsatt for seksuelle overgrep er tilrettelagt samisk språk og kultur. Dei regionale helseføretaka rapporterer i 2018 at det er vaktberedskap i alle helseføretak/overgrepsmottak heile døgnet.

Sjå i tillegg omtalen under vedtak nr. 923, 14. juni 2017. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kompetanseheving – saker om valdtekt og overgrep

Vedtak nr. 926, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa iverksette fleire tiltak som sikrar kompetanseheving hos politiet og rettsapparatet når det gjelder saker om voldtekt og overgrep.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt, jf. Dokument 8:127 S (2016–2017) og Innst. 342 S (2016–2017).

Sjå omtalen under vedtak nr. 923, 14. juni 2017. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Økt kompetanse på menneskehandel

Vedtak nr. 930, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre økt kompetanse på menneskehandel hos dem som representerer enslige mindreårige asylsøkere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Representantforslag om styrket innsats mot at barn unyttas i menneskehandel frå Rigmor Andersen Eide, Hans Fredrik Grøvan, Geir Jørgen Bekkevold og Kjell Ingolf Ropstad, jf. Dokument 8: 100 S (2016–2017) og Innst. 397 S (2016–2018).

Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er i tildelingsbrevet for 2018 bedt om å sørgje for at det gjennomførast nødvendig opplæring for representantar for einslege, mindreårige asylsøkarar, jf. utlendingslova § 98 b og vergemålsforskrifta § 5. Vedtaket er med dette følgt opp.

Sentral eining med ansvar for oppfølging av mindreårige offer for menneskehandel

Vedtak nr. 932, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen opprette en sentral enhet med ansvar for oppfølging av mindreårige ofre for menneskehandel og veiledning til lokale barnevernskontor i saker hvor menneskehandel mistenkes.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:100 S (2016–2017) om styrket innsats mot at barn utnyttes i menneskehandel, jf. Innst 397 (2016–2017).

Som ei følgje av budsjettforliket mellom regjeringspartia, Venstre og Kristeleg Folkeparti for 2018 vart det løyvd 5 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet til rettleiing og oppfølging av arbeidet med mindreårige offer. Dette skal bidra til god oppfølging av barna, forbetre samarbeidet mellom ulike instansar og ha ein rettleiande funksjon overfor lokalt barnevern og andre relevante etatar som mistenkjer menneskehandel, eller som har barn som er offer for menneskehandel, i sin kommune. Regjeringa foreslår for 2019 at løyvinga blir overført til Barne- og likestillingsdepartementet, som tek sikte på å opprette ein funksjon i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet for oppfølging og rettleiing av barnevernet og andre relevante etatar. Vedtaket er med dette følgt opp.

Lovfesting av ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Vedtak nr. 938, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om lovfesting av ansvaret for enslige mindreårige asylsøkere, hvilken omsorg disse barna har krav på og hvilke krav som stilles til mottak med enslige mindreårige asylsøkere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag om styrket innsats mot at barn utnyttes i menneskehandel fra Rigmor Andersen Eide, Hans Fredrik Grøvan, Geir Jørgen Bekkevold og Kjell Ingolf Ropstad, jf. Dokument 8: 100 S (2016–2017) og Innst. 397 S (2016–2017). Oppmodingsvedtaket er under behandling med sikte på et høringsnotat innen våren 2019.

Lagring av IP-data

Vedtak nr. 944, 15. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om det rettslige handlingsrommet for generell lagring av IP-adresser og relevant trafikkdata bør utvides, som et nødvendig virkemiddel i kampen mot kriminalitet, herunder overgrep mot barn. Utredningen må inkludere hvordan hensynet til personvern og internasjonale forpliktelser kan ivaretas.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:126 S (2016–2017) om utvidet lagringsplikt av IP-adresser for å beskytte barn mot overgrep og Innst. 407 S (2016–2017).

Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid med å greie ut generell lagringsplikt for IP-adresser. I samband med dette må ein bl.a. vurdere om tiltaket kan gjennomførast innanfor ramma av Grunnlova og Noregs internasjonale forpliktingar. Departementet har for tida til vurdering om noko av det vidare utgreiingsarbeidet bør leggjast til personvernkommisjonen som skal etablerast, sjå vedtak nr. 588, 10. april 2018. Departementet forventar i eitkvart høve at utgreiingsarbeidet ikkje vil ferdigstillast i løpet av 2018.

Forsikringsordningane i bustadhandelen

Vedtak nr. 1035, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede en omlegging av forsikringsordningene i bolighandelen, der hovedprinsippet er at den som skal ha fordel av utbetalingen (boligkjøper), også er den som velger forsikringsselskap, forsikringens dekningsområder og vilkår ut over minimumsvilkår.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2016–2017) og Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig.

Regjeringa vil følgje opp vedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved salg av bolig. Regjeringa tar sikte på ein proposisjon om denne saka i løpet av 2018.

Bustadkjøpars reklamasjonshøve

Vedtak nr. 1036, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag for Stortinget som sikrer at kravet til vesentlighet ved reklamasjoner utformes slik at stigende priser på tomter og boliger ikke automatisk forringer boligkjøperes reklamasjonsmuligheter.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2016–2017) og Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig.

Regjeringa vil følgje opp vedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved salg av bolig. Regjeringa tar sikte på ein proposisjon om denne saka i løpet av 2018.

Tilstandsrapport ved bustadhandel

Vedtak nr. 1037, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere insentiver i regelverket rundt bolighandelen som kan øke bruken av felles, standardiserte tilstandsrapporter ved bolighandelen, slik at selgeres og kjøperes forventninger avklares bedre i en tidlig fase og reklamasjoner kan unngås.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2016–2017) og Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig.

Regjeringa vil følgje opp vedtaket i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved salg av bolig. Regjeringa tar sikte på ein proposisjon i løpet av 2018.

Autorisasjonsordning for takstmenn

Vedtak nr. 1038, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en autorisasjonsordning for takstmenn og sikre takstmannens uavhengighet, rolle og tillit i bolighandelen og ved reklamasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2016–2017) og Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig.

Regjeringa vil følgje opp vedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved salg av bolig. Regjeringa tar sikte på ein proposisjon om denne saka i løpet av 2018. Ei oppfølging av utgreiinga vil òg omfatte vurderingar om takstmannens rolle i bustadomsetninga.

Marknadsvurdering av takstmann

Vedtak nr. 1039, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å gjeninnføre boligkjøpernes adgang til å få en markedsvurdering utført av takstmannen til støtte for sin kjøpsvurdering.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2016–2017) og Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig.

Justis- og beredskapsdepartementet tar sikte på å følgje opp vedtaket i samarbeid med Finansdepartementet i samband med oppfølginga av NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved salg av bolig. Regjeringa tar sikte på ein proposisjon om denne saka i løpet av 2018.

Bustadhandel – seljars rett til å utbetre manglar

Vedtak nr. 1042, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fjerne selgers rett til å utbedre mangler etter avhendingsloven § 4-10, og fremme forslag til Stortinget om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2016–2017) og Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 6. november 2017 på høyring forslag om endring av avhendingslova § 4-10 for å følgje opp vedtaket.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Lene Vågslid, Stine Renate Håheim, Lise Christoffersen, Sonja Mandt, Tove Karoline Knutsen, Christian Tynning Bjørnø og Kari Henriksen om å styrke oppfølgingen i reetableringsfasen for personer utsatt for vold i nære relasjoner, jf. Innst. 475 S (2016–2017) og Dokument 8:108 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Ei ekstern nordisk utgreiing om menneskerettslege rammer for kontakts- og opphaldsforbod vil ferdigstillast ved årsskiftet 2018/2019, og oppfølginga av vedtaket vil bli vurdert etter dette.

Nærpolitireforma

Vedtak nr. 1126, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre at det utarbeides et dokument slik det er beskrevet i Innst. 306 S (2014–2015), som et grunnlag for videre evaluering av sluttresultatet.»

Grunnlaget for vedtaket framgår av Dokument 8:149 S (2016–2017) om å sikre gjennomføringen av nærpolitireformen i tråd med Stortingets intensjoner og Innst. 491 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Sjå omtalen av nærpolitireforma i pkt. 3 under Programkategori 06.40.

Nærpolitireforma

Vedtak nr. 1127, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at nærpolitireformen gjennomføres etter Stortingets intensjoner, jf. Innst. 306 S (2014–2015).»

Grunnlaget for vedtaket framgår av Dokument 8:149 S (2016–2017) om å sikre gjennomføringen av nærpolitireformen i tråd med Stortingets intensjoner og Innst. 491 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Sjå omtalen av nærpolitireforma i pkt. 3 under Programkategori 06.40.

1.8.5 Stortingssesjon 2017–2018

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 23, 14. november 2017

«Stortinget ber regjeringen oppheve GI-02/2017 – Instruks om praktisering av utlendingsloven § 38, jf. utlendingsforskriften § 8-8 – enslige, mindreårige asylsøkere mellom 16 og 18 år som kan henvises til internflukt.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantframlegg frå stortingsrepresentantane Karin Andersen og Lars Haltbrekken om å iverksette umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkere til Afghanistan frem til Stortinget har behandlet og gjort vedtak vedrørende Dokument 8:47 S (2017–2018), jf. Dokument 8: 56 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Justis- og beredskapsdepartementets endring i utlendingsforskrifta § 8-8 22. januar 2018 og rundskriv G-03/2018 – Ikrafttredelse av endringer i utlendingsforskriften §§ 8-8 og 8-8 a (oppholdstillatelse til enslige, mindreårige asylsøkere). I rundskrivet heiter det: «Forskriftsendringene og rundskrivet her erstatter departementets instruks GI-02/2017 – Instruks om praktisering av utlendingsloven § 38, jf. utlendingsforskriften § 8-8 – enslige, mindreårige asylsøkere mellom 16 og 18 år som kan henvises til internflukt».

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 24, 14. november 2017

«Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig sørge for at mangel på omsorgspersoner, nettverk og/eller ressurser til å etablere seg i internfluktområdet skal ha betydning ved vurderingen av om det for enslige mindreårige asylsøkere skal gis ordinær tillatelse etter utlendingsloven § 38.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen og Lars Haltbrekken om å iverksette umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkere til Afghanistan frem til Stortinget har behandlet og gjort vedtak vedrørende Dokument 8: 47 S (2017–2018), jf. Dokument 8: 56 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Justis- og beredskapsdepartementets endring i utlendingsforskrifta § 8-8 22. januar 2018 og rundskriv G-03/2018 – Ikrafttredelse av endringer i utlendingsforskriften §§ 8-8 og 8-8 a (oppholdstillatelse til enslige, mindreårige asylsøkere).

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 25, 14.november 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle saker med vedtak fra og med 1. oktober 2016 og frem til i dag, som gjelder enslige mindreårige asylsøkere som er henvist til internflukt og som har fått midlertidig opphold, blir vurdert på nytt. Instruks GI-02/2017 – Instruks om praktisering av utlendingsloven § 38, jf. utlendingsforskriften § 8-8 – enslige, mindreårige asylsøkere mellom 16 og 18 år som kan henvises til internflukt, oppheves med virkning for vurderingen av disse sakene. Endringen, om at mangel på omsorgspersoner, nettverk og/eller ressurser til å etablere seg i internfluktområdet skal ha betydning ved vurderingen av om det for enslige mindreårige asylsøkere skal gis ordinær tillatelse etter utlendingsloven § 38, skal gis virkning for vurderingen av disse sakene.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen og Lars Haltbrekken om å iverksette umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkere til Afghanistan frem til Stortinget har behandlet og gjort vedtak vedrørende Dokument 8: 47 S (2017–2018), jf. Dokument 8: 56 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Justis- og beredskapsdepartementets fastsetjing av ny § 8-8 a i utlendingsforskrifta 22. januar 2018 og rundskriv G-03/2018 – Ikrafttredelse av endringer i utlendingsforskriften §§ 8-8 og 8-8 a (oppholdstillatelse til enslige, mindreårige asylsøkere).

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 26, 14.november 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle saker med vedtak fra og med 1. oktober 2016 og frem til i dag, som gjelder enslige mindreårige asylsøkere som er henvist til internflukt og som har fått midlertidig opphold, ikke effektueres før sakene er behandlet på nytt.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen og Lars Haltbrekken om å iverksette umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkere til Afghanistan frem til Stortinget har behandlet og gjort vedtak vedrørende Dokument 8: 47 S (2017–2018), jf. Dokument 8: 56 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Justis- og beredskapsdepartementets instruks 14. november 2017 til Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda, jf. GI-16/2017 Instruks om å utsette iverksettingen av vedtak.

Offentleg salærsats for advokatar

Vedtak nr. 46, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre forutsigbarhet til regulering av offentlig salærsats for advokater, blant annet ved at satsene i tilknytning til ordningen med fri rettshjelp og bistand i straffesaker samsvarer betre med lønns- og prisutviklingen.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2017–2018) frå finanskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Forslaget til justering av salærsatsen, som blir lagt fram i Prop. 1 S kvart år, blir handtert i den ordinære budsjettprosessen. Regjeringa foreslår å auke salærsatsen frå 1 020 kroner til 1 040 kroner i timen, i tråd med prisveksten frå 2018 til 2019.

Ei tilsvarande prisjustering kvart år vil innebere ein utgiftsauke på rundt rekna 21,5 mill. kroner kvart år.

Verjemål

Vedtak nr. 59, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere vergemålsordningen og foreslå andre måter å forvalte midlene under ordningen på som kan gi en avkastning som bidrar til å opprettholde pengeverdien.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2017–2018) frå Finanskomiteen.

Justis- og beredskapsdepartementet vurderer oppfølginga av vedtaket, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på egna måte.

Beredskapssenter på Taraldrud

Vedtak nr. 61, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med byggingen av nytt beredskapssenter på Taraldrud sørge for at beboere og naboer involveres i arbeidet med tilstrekkelige støydempende tiltak.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 6 S (2017–2018). Vedtaket er følgt opp.

Det er utarbeidd detaljert kontrollplan for ytre miljø, som omfattar alle krav i Miljøoppfølgingsplanen og andre relevante krav i reguleringsplanen. Kontrollplanen omfattar til saman elleve punkt knytte til støy – fordelte på prosjekteringsfasen, anleggsfasen og driftsfasen. Departementet har, utover vertskommunen Ski, òg involvert høvesvis Oslo kommune og Oppegård kommune i oppfølginga av kontrollplanen. Det er lagt til grunn at desse kommunane representerer innbyggjarane sine, dvs. «beboere og naboer» i samsvar med Stortingets føringar. Det blir halde kvartalsvise samarbeidsmøte om saka.

Aktivitets- og rehabiliteringstilbod for innsette

Vedtak nr. 67, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen redegjøre for innsattes aktivitets- og rehabiliteringstilbud samt utviklingen i antall alvorlige hendelser som vold og trusler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 6 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til omtale av aktivitets- og rehabiliteringstilbodet for innsatte og utviklinga i mengda alvorlege hendingar som vald og truslar under programkategori 06.30.

Diskriminering av transpersonar

Vedtak nr. 202, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fremme forslag om å endre straffeloven § 185, slik at også transpersoner gis strafferettslig vern mot diskriminerende og hatefulle ytringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2017–2018) og Innst. 14 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 4. juli 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket.

Konkurskarantene

Vedtak nr. 320, 15. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at informasjon om konkurskarantene blir offentlig tilgjengelig, og vurdere om det er annen informasjon om lovbrudd som er relevant for næringsvirksomheten som bør gjøres offentlig tilgjengelig.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 15 S (2017–2018) frå finanskomiteen.

Justis- og beredskapsdepartementet vurderer behovet for lov- eller forskriftsendringar, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Det er ei rekkje lovbrot som kan vere relevante for næringsverksemd. Justis- og beredskapsdepartementet går likevel ut frå at det først og fremst er tap av rettar etter straffelova § 56 ein tek sikte på i oppmodingsvedtaket når det gjeld annan informasjon om lovbrot.

Barnets beste i asylsaker

Vedtak nr. 420, 18. januar 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre at det gjøres en grundig, helhetlig og individuell vurdering av barnets beste i hver enkelt asylsak, og at disse vurderingene synliggjøres og begrunnes i vedtak, slik Barnekonvensjonen krever.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen og Petter Eide om å innføre rimelighetsvilkår for internflukt i utlendingsloven, sikre reelle barnefaglige vurderinger mv., jf. Dokument 8: 64 LS (2017–2018), og Innst. 68 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp. Gjeldande reglar i utlendingslova og utlendingsforskrifta seier at omsynet til barns beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn. Det skal såleis gjerast ei individuell og heil vurdering i alle saker. Gjeldande reglar seier òg at desse vurderingane, og vektinga av dei motstridande opplysningane, skal gjerast synlege i dei skriftlege vedtaka som blir gjorde. For å sikre at dette blir særskilt følgt opp for einslege mindreårige asylsøkarar som ligg an til å få mellombels opphaldsløyve som gjeld fram til fylte 18 år, endra Justis- og beredskapsdepartementet med verknad frå 1. februar 2018 utlendingsforskrifta § 8-8. Her heiter det at slikt mellombels opphaldsløyve skal vere forsvarleg ut frå omsynet til barnets beste.

Våpeneigarar

Vedtak nr. 529, 8. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan våpeneiere som rammes av forbudet mot enkelte typer halvautomatiske rifler, kan kompenseres.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 165 L (2016–2017), Innst. 146 L (2017–2018) og Lovvedtak 34 (2017–2018).

Saken er til oppfølging i Justis- og beredskapsdepartementet.

Regjeringa vil koma tilbake til Stortinget med ei vurdering av korleis våpeneigarar som vert ramma av forbodet kan kompenserast.

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

Vedtak nr. 532, 8. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et lovforslag som tydeliggjør at det er ulovlig uten samtykke å dele eller på annen måte offentliggjøre bilder av andre som har avslørende, nedverdigende eller krenkende karakter, og som eksplisitt forbyr hevnporno, samt vurdere behovet for endring i strafferammen for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Jan Bøhler, Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud om ny straffebestemmelse som tydeliggjør at det er ulovlig å dele eller offentliggjøre bilder som er avslørende, nedverdigende eller krenkende for den eller de som avbildes og som øker strafferammen for å spre denne typen bilder uten samtykke, jf. Dokument 8:79 S (2017–2018) og Innst. 139 S (2017–2018).

Justis- og beredskapsdepartementet sende 26. juni 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket.

Internering i barne- og familieinternat

Vedtak nr. 538, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre at barnefamilier kun skal interneres i egne barne- og familieinternat som er spesielt tilrettelagt for mindreårige, hvor de har tilgang til blant annet aktivitetstilbud, helsehjelp og rettshjelsptiltak. Det skal stilles klare krav til barne- og familieinternatets fysiske fasiliteter og innholdsmessige tilbud til mindreårige og familier som oppholder seg der. Barne- og familieinternatet skal ha barnefaglig kompetanse.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. I 2017 vart det oppretta ei eining for internering av barnefamiliar utanfor Trandum. Eininga held inntil vidare til i lokale på Haraldvangen. Eininga er spesielt tilrettelagt for barnefamiliar, og har eit meir sivilt preg enn Trandum. Eksempelvis er det ingen synlege gjerder, og dei tilsette går ikkje i uniform. Vidare vert det lagt vekt på at dei som skal jobbe ved familieeininga har barnefagleg kompetanse.

Alternativ til fengsling av barn

Vedtak nr. 539, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge fram forslag til flere alternativer til å fengsle barn i forbindelse med uttransportering etter utlendingsloven.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 540, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det snarest etableres reelle alternativer til frihetsberøvelse av enslige mindreårige asylsøkere, som ivaretar hensynet til barnets beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Vedtak nr. 541, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) som et alternativ til frihetsberøvelse som internering av barnefamilier som skal tvangsreturneres, slik at frihetsberøvelse av barnefamilier bare benyttes som en siste utvei når andre alternativer er utprøvd eller vurdert. Der myndighetene kommer til at frihetsberøvelse er nødvendig, etter å ha prøvd eller vurdert andre alternativer, skal frihetsberøvelsen skje på et eget barne- og familieinternat som er familie- og barnevennlig, og som ivaretar barnets behov. Det fremmes en sak for Stortinget snarest mulig.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er til behandling i departementet. Politidirektoratet har fått i oppdrag å greie ut bruk av elektronisk kontroll som alternativ til fengsling av barnefamiliar. Utgreiinga er ferdigstilt og skal sendast på offentleg høyring. Regjeringa vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte.

Utvising og innreiseforbod – barn

Vedtak nr. 542, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme eventuelle forslag om endring av utlendingsloven som gjør det mulig for utlendingsforvaltningen å supplere bruk av utvisning og innreiseforbud med et bredere sett av reaksjonsformer når særlige forhold tilsier det, som hensynet til barns beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:42 S (2017–2018) om andre reaksjonsformer enn utvisning og innreiseforbud ved brudd på utlendingsloven og Innst. 140 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Styrking av lensmannskontor

Vedtak nr. 579, 5. april 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for en reell styrking av de lensmannskontorene som står igjen etter gjennomføringen av politireformen.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:10 S (2017–2018) om styrking av det lokale politiet og Innst. 143 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Det vises til omtalen av nærpolitireforma i pkt. 3 under Programkategori 06.40 for utgreiing om styrkinga av lensmannskontora i den nye strukturen.

Tilstrekkeleg bemanning ved tenestestader

Vedtak nr. 580, 5. april 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre at Stortingets føringer følges opp, og sikre at politiets tjenestesteder er tilstrekkelig bemannet til å kunne være aktivt til stede der folk er.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:10 S (2017–2018) om styrking av det lokale politiet og Innst. 143 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har i brev av 23. april 2018 bedt Politidirektoratet følgje opp Stortingets vedtak i samband med arbeidet med gjennomføringa av nærpolitireforma. Sjå omtale av nærpolitireforma i pkt. 3 under Programkategori 06.40 for utgreiing om korleis politiet er styrka.

Ikkje legge ned soningsplassar

Vedtak nr. 581, 5. april 2018

«Stortinget ber regjeringen om at det ikke gjennomføres nedleggelser av soningsplasser eller soningstilbud på Vestlandet før Stortinget er forelagt konsekvensene ved en eventuell videreføring av driften, herunder avdeling Osterøy ved Bergen fengsel. For å sikre en bred utredning av konsekvensene, inkluderes avdeling Osterøy ved Bergen fengsel i den pågående KVU-en for Kriminalomsorgens Region vest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:91 S (2017–2018) og Innst. 190 S (2017–2018).

Regjeringa viser til omtale i Prop. 85 S (2017–2018). Departementet har gitt Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre ein KVU for Vestlandet, som omfattar fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Denne forventes kvalitetssikra i løpet av 2019. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på egna måte. Når det gjeld Bergen fengsel Osterøy avdeling, sjå oppfølging av vedtak nr. 1009, 15. juni 2018.

Politiets arbeid med IKT-kriminalitet

Vedtak nr. 586, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan som synliggjør politiets arbeid med IKT-kriminalitet og hvordan dette skal finansieres.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar og Innst. 187 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling og regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Personvernkommisjon

Vedtak nr. 588, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringa sjå til at mandatet til den varsla personvernkommisjonen inkluderer eit særleg oppdrag om å vurdere stoda for personvernet til barn, og å kome med tiltak for å styrke dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Abid Q. Raja, André N. Skjelstad, Carl-Erik Grimstad, Grunde Almeland, Jon Gunnes, Ketil Kjenseth, Terje Breivik, Trine Skei Grande om tiltak for å ivareta barns personvern, jf. Dokument 8:68 S (2017–2018) og Innst. 174 S (2017–2018).

Regjeringa arbeider med å etablere ein personvernkommisjon og vil ved utforminga av mandatet følgje opp vedtaket. Sjå òg vedtak nr. 98 (2016–2017).

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 589, 23. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 komme tilbake til Stortinget med en vurdering av behovet for å endre regelverket slik at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Lene Vågsild, Jan Bøhler og Maria-Karine Aasen-Svensrud jf. Dokument 8:88 S (2017–2018) og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

Sjå samla svar under vedtak 590 under.

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 590, 23. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 sikre at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker og gjenopptakelsessaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Lene Vågsild, Jan Bøhler og Maria-Karine Aasen-Svensrud jf. Dokument 8:88 S (2017–2018) og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

NOU 2016: 9 Rettferdig og forutsigbar – voldsskadeerstatning ligg til behandling i departementet. Departementet har gått gjennom utgreiinga og høyringsfråsegnene og arbeider med den vidare oppfølginga. Oppmodingsvedtaka gjelder eitt av mange tema departementet arbeider med. Arbeidet er tidkrevjande, og det er for tidleg å seie noko om når regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei oppfølging av utgreiinga.

Valdsoffererstatningsutvalet har foreslått at dagens øvre grense for valdsoffererstatning skal gjelde alle nye søknader som blir sette fram. Førebelse anslag viser at det vil koste om lag 18 mill. kroner ekstra i året. Et forslag i tråd med oppmodingsvedtaka frå Stortinget vil bli vesentleg dyrare og blir nærmare greidd ut i samband med oppfølginga av NOU 2016: 9.

Diskriminering – kjønnsuttrykk

Vedtak nr. 698, 7. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å utvide straffelovens bestemmelser om hatefulle ytringer, hatkriminalitet og diskriminering slik at de også omfatter hatefulle ytringer som fremsettes, eller diskriminering som utøves, på grunn av en persons kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Anette Trettebergstuen, Jan Bøhler, Kari Henriksen, Lene Vågslid, Masud Gharahkhani, Maria Aasen-Svensrud om å inkludere kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i straffelovbestemmelsene om diskriminering og hatkriminalitet, jf. Dokument 8: 109 S (2017–2018) og Innst. 238 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 4. juli 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket.

Kjøp av seksuelle tenester

Vedtak nr. 699, 7. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som sikrer at forsøk på kjøp av seksuelle tjenester er straffbart.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Jørgen Bekkevold, Jorunn Gleditsch Lossius, Knut Arild Hareide, Trude Brosvik om å sikre at forsøk på kjøp av seksuelle tjenester er straffbart, jf. Dokument 8:123 S (2017–2018) og Innst. 236 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er til behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 25. mai 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket.

Totalberedskapskommisjon

Vedtak nr. 710, 22. mai 2018

«Stortinget ber regjeringa vurdere å sette ned ein totalberedskapskommisjon når viktige reformarbeid i justissektoren er avslutta.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:81 S (2077–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jenny Klinge, Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum om å sette ned en totalberedskapskommisjon og Innst. 262 S (2017–2018).

Regjeringa etablerte i 2016 totalforsvarsprogrammet. Målet med programmet er bl.a. å vidareutvikle totalforsvaret. Programmet skal avsluttast i 2020, og regjeringa vil då vurdere korleis ein på best måte tek arbeidet med totalforsvaret vidare. Regjeringa vil ved det høvet vurdere om det er behov for ein totalberedskapskommisjon.

Bustadhandel – forbrukarrettane

Vedtak nr. 727, 16. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen legge innstilling 477 S (2016–2017) til grunn for oppfølging av stortingsvedtakene 1035, 1036, 1037, 1038, 1039 og 1040, om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bustad.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 275 S (2017–2018) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen, jf. Meld. St. 7 (2017–2018).

Regjeringa vil leggje Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen til grunn i oppfølginga av stortingsvedtak 20. juni 2017 nr. 1035, 1036, 1037, 1038, 1039 og 1040.

Inndraging av pass

Vedtak nr. 786, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre fortgang i det pågående arbeidet med å forenkle rutiner for inndragelse av pass i tilfeller der det er risiko for at barn etterlates i utlandet under uforsvarlige forhold.»

Dokumentene som ligger til grunn for vedtaket er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) fra Justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvold.

Lovforslag er sendt på høyring. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tiltak mot kjønnslemlesting

Vedtak nr. 787, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere nye tiltak mot kjønnslemlestelse, herunder tydeliggjøre foreldrenes ansvar for å avverge og anmelde slike alvorlige straffbare forhold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå Justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvold.

Oppmodingsvedtaket er under behandling.

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå Justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvold.

Oppmodingsvedtaket er under behandling.

Tvangsekteskap

Vedtak nr. 789, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen om å gjennomgå lovgivningen mot tvangsekteskap og vurdere om det vil være hensiktsmessig å forbedre og utvide den slik at straffeloven § 253 får en tilføyelse som klargjør og omtaler ordene «utilbørlig press» på en mer utfyllende og opplysende måte, og hvor det presises at når den reelle frivilligheten begrenses, kan dette alene gi straffskyld, uansett hvilke former den emosjonelle påvirkningen har.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå Justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvold.

Oppmodingsvedtaket er under behandling.

Ærbarheitsattestar og uskyldskontrollar

Vedtak nr. 790, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere i hvilken grad dagens straffelovgivning rammer ærbarhetsattester og uskyldighetskontroller før inngåelse av ekteskap, og eventuelt fremme forslag om å utvide lovverket slik at kvinner gis tilstrekkelig lovbeskyttelse mot slike undersøkelser, også når dette skjer på andre måter enn ved hjelp av helsepersonell.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå Justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvold.

Oppmodingsvedtaket er under behandling.

Avhoppere fra ekstreme miljøer

Vedtak nr. 794, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre at støttetjenester er tilgjengelig for avhoppere fra ekstreme miljøer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå Justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Oppmodingsvedtaket er til behandling og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Eget lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:140 (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Organisatorisk plassering av Statens barnehus

Vedtak nr 796, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere Statens barnehus som egne enheter i en organisatorisk plassering i politidistriktene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:140 (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).Vedtaket er under behandling og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Regelverk for taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vold og overgrep

Vedtak nr. 798, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:140 (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Det er satt i gang eit arbeid med ei utgreiing som i eit heilskapleg perspektiv skal ta for seg temaet teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett innanfor det offentlege. Arbeidet skal resultere i eit utkast til ein praktisk anlagt og autoritativ rettleiar som kan gi rettleiing på tvers av ulike sektorar, der det skal slåast tydeleg fast korleis regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett skal forståast og praktiserast. Problem og utfordringar knytte til gjeldande regelverk skal også påpeikast, og om mogleg skal det skisserast forslag til korleis dette kan løysast. Ein heilt sentral faktor som låg til grunn for dette arbeidet, var arbeidet mot vald og andre overgrep som rammar barn og unge. Utgreiinga skal vere ferdigstilt i 2019. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Punktbevæpning

Vedtak nr. 854, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen årlig og på egnet måte holde Stortinget orientert om omfanget av politiets punktbevæpning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 70 L (2017–2018) Endringer i politiloven mv. (tidsubegrenset bevæpning ved sårbare objekter – punktbevæpning) og Innst. 341 L (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp, sjå omtale av samfunnstryggleik og beredskap i pkt. 5 under programkategori 06.40. Regjeringa vil orientere om omfanget av politiets punktvæpning i dei årlege budsjettproposisjonane.

«Mishandlingsbestemmelsen»

Vedtak nr. 856, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre at praksis i forvaltningen i saker angående utlendingsloven § 53 første ledd (mishandlingsbestemmelsen) er i tråd med lovgivers intensjon, og melde tilbake til Stortinget så raskt som mulig de vurderinger og eventuelle endringer som er gjort.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 68 L (2017–2018) og Innst. 357 L (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er under behandling.

Aggressiv marknadsføring av forbrukslån

Vedtak nr. 875, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget senest høsten 2018 med et forslag om å forby aggressiv markedsføring av forbrukslån.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 371 S (2017–2018).

Aggressiv marknadsføring av forbrukslån må reknast for å vere forbode etter dei alminnelige reglane i marknadsføringslova, jf. særleg forbodet mot «urimelig handelspraksis» i § 6. Oppmodingsvedtaket er dermed følgt opp.

Departementet vil likevel vurdere om det bør gjerast endringar i forskrift 5. april 2017 nr. 437 om markedsføring av kreditt med sikte på ei innstramming av reglane. Det kan bl.a. vere aktuelt å vurdere eit forbod mot marknadsføring i sosiale medium og strengare reglar om tilleggsfordelar som er knytte til eit kredittprodukt. Slike forslag må eventuelt greiast ut nærmare og sendast på høyring. Kongen er med heimel i finansavtalelova § 46 og marknadsføringslova § 6 gitt fullmakt til å gi reglar om marknadsføring av forbrukslån i forskrift.

Menneskerettane til utviklingshemma - verjemål

Vedtak nr. 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 377 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Departementet vurderer for tida korleis erfaringane med vergemålsloven skal bli gjennomgått, og vil i den forbindelse også vurdere eventuelle behov for lovendringar. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak 894 i Prop. 1 S for Barne- og likestillingsdepartementet.

Utføring av DNA-analysar ved Rettsgenetisk senter

Vedtak nr. 916, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig legge til rette for at Rettsgenetisk senter (RGS) ved UiT Norges arktiske universitet kan utføre DNA-analyser for bruk i strafferettspleien.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har vore i dialog med sine verksemder om korleis vedtaket kan følgjast opp og kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.

Organisering av Rettsgenetisk senter

Vedtak nr. 917, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Rettsgenetisk senter (RGS) forblir underlagt UiT Norges arktiske universitet, slik at dette blir et uavhengig fagmiljø, og at sammenhengen mellom forskning, utdanning og praktisk rettet analysearbeid blir ivaretatt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har vore i dialog med sine verksemder om korleis vedtaket kan følgjast opp og kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.

Utvikling av IKT-løysingar knytte til Rettsgenetiske tenester

Vedtak nr. 918, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at man utvikler og utvider dagens tekniske IKT-løsninger, slik at politiet/Kripos kan kommunisere med flere leverandører av rettsgenetiske tjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har vore i dialog med sine verksemder om korleis vedtaket kan følgjast opp og kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav om leveranse frå Rettsgenetisk senter

Vedtak nr. 919, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at Rettsgenetisk senter (RGS) kan levere fra 10 til 25 prosent av de analysene det er behov for.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har vore i dialog med sine verksemder om korleis vedtaket kan følgjast opp og kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.

Lokalisering av passkontor

Vedtak nr. 1002, 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at minst 90 pst. av innbyggerne i hvert politidistrikt har maksimalt 45 minutters kjøretid til nærmeste passkontor, slik at servicetilbudet overfor publikum blir opprettholdt på en best mulig måte. Det kan gjøres unntak ved endelig beslutning knyttet til struktur og antall utstedelsessteder for pass der kvalitet og volum ikke tilfredsstiller internasjonale krav. Det må være et høyere antall utstedelsessteder enn i Politidirektoratets forslag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018).

Det blir vist til omtale av politiets forvaltningsoppgåver under pkt. 7 i programkategori 06.40. Regjeringa vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte når endelig slutning er fatta.

Kapasitetsbehov ulike soningsformer

Vedtak nr. 1008, 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte orientere Stortinget om kapasitetsbehov på ulike soningsformer etter åpning av økt bruk av elektronisk soning. Arendal fengsel, Kleivgrend avdeling legges ikke ned før en slik orientering er gitt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 400 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Sjå omtale av kapasitetsbehov på ulike soningsformer etter opning av auka bruk av elektronisk soning under programkategori 06.30.

Osterøy avdeling

Vedtak nr. 1009, 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med utleier ved Osterøy fengsel om mulig forlengelse av leieavtalen basert på dagens leiebetingelser frem til KVU for Vestlandet er vurdert.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 400 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har gitt Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å gå i dialog med utleigar om mulig forlengelse av leigeavtale. Etter ei samla vurdering av kostnader knytt til fortsatt drift av avdelinga og behov for plassar på lågare sikringsnivå, meiner Regjeringa at drifta ved Osterøy avdeling bør stanse når gjeldande leigeavtale utløpar. Sjå nærare omtale under programkategori 06.30.

Bustadhandel – forbrukarrettane

Vedtak nr. 1010, 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge Dokument 8:123 S (2016–2017), Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, til grunn for oppfølgingen av stortingsvedtakene 1035, 1036, 1037, 1038, 1039 og 1040.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er innstilling frå Finanskomiteen om Revidert nasjonalbudsjett 2018, om tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2018, og om skatter og avgifter i statsbudsjettet for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018).

Regjeringa vil leggje Dokument 8: 123 S (2016–2017) til grunn for oppfølginga av stortingsvedtak 20. juni 2017 nr. 1035, 1036, 1037, 1038, 1039 og 1040.

Utgifter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

Administrasjon

400

Justis- og beredskapsdepartementet

573 637

561 220

561 842

0,1

Sum kategori 06.10

573 637

561 220

561 842

0,1

Rettsvesen

61

Høyesterett

109 533

109 750

112 195

2,2

410

Domstolene

2 412 892

2 528 157

2 609 299

3,2

411

Domstoladministrasjonen

89 169

414

Forliksråd og andre domsutgifter

255 219

266 203

266 576

0,1

Sum kategori 06.20

2 866 813

2 904 110

2 988 070

2,9

Kriminalomsorg

430

Kriminalomsorgen

4 887 074

4 882 809

4 778 527

-2,1

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

227 846

242 958

246 704

1,5

Sum kategori 06.30

5 114 920

5 125 767

5 025 231

-2,0

Politi og påtalemyndighet

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

17 593 829

18 421 259

19 709 159

7,0

442

Politihøgskolen

679 841

627 039

629 942

0,5

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

911 192

861 215

890 983

3,5

445

Den høyere påtalemyndighet

243 062

252 753

259 057

2,5

446

Den militære påtalemyndighet

8 764

8 722

8 909

2,1

448

Grensekommissæren

5 617

5 508

5 636

2,3

Sum kategori 06.40

19 442 305

20 176 496

21 503 686

6,6

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

806 799

771 624

774 460

0,4

452

Sentral krisehåndtering

26 857

25 836

26 398

2,2

453

Sivil klareringsmyndighet

8 538

31 722

31 927

0,6

454

Redningshelikoptertjenesten

1 497 700

3 201 095

3 785 162

18,2

455

Redningstjenesten

286 406

297 428

415 045

39,5

456

Nød- og beredskapskommunikasjon

957 137

607 288

627 043

3,3

Sum kategori 06.50

3 583 437

4 934 993

5 660 035

14,7

Andre virksomheter

460

Spesialenheten for politisaker

45 183

46 353

47 451

2,4

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 118 985

1 166 441

1 183 838

1,5

467

Norsk Lovtidend

4 740

4 276

4 340

1,5

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

16 692

16 802

17 179

2,2

469

Vergemålsordningen

387 756

404 734

402 675

-0,5

Sum kategori 06.60

1 573 356

1 638 606

1 655 483

1,0

Fri rettshjelp, erstatninger, konfliktråd m.m.

470

Fri rettshjelp

660 190

741 888

662 141

-10,7

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

122 555

197 633

196 779

-0,4

472

Voldsoffererstatning og rådgiving for kriminalitetsofre

400 196

473

Statens sivilrettsforvaltning

46 881

428 004

372 579

-12,9

474

Konfliktråd

124 112

149 501

171 216

14,5

475

Bobehandling

108 014

97 665

112 471

15,2

Sum kategori 06.70

1 461 948

1 614 691

1 515 186

-6,2

Svalbardbudsjettet

480

Svalbardbudsjettet

268 186

238 370

360 484

51,2

Sum kategori 06.80

268 186

238 370

360 484

51,2

Beskyttelse og innvandring

490

Utlendingsdirektoratet

3 744 816

2 680 182

2 014 612

-24,8

491

Utlendingsnemnda

324 837

316 088

297 952

-5,7

Sum kategori 06.90

4 069 653

2 996 270

2 312 564

-22,8

Integrering og mangfold

495

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

265 675

241 314

-100,0

496

Bosetting av flyktninger og tiltak for innvandrere

15 758 484

15 008 218

-100,0

497

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere

2 403 486

2 073 888

-100,0

Sum kategori 06.95

18 427 645

17 323 420

-100,0

Sum utgifter

57 381 900

57 513 943

41 582 581

-27,7

Inntekter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

Administrasjon

3400

Justis- og beredskapsdepartementet

10 115

6 596

5 483

-16,9

Sum kategori 06.1010 1156 5965 483-16,9

Rettsvesen

3410

Domstolene

340 546

416 273

288 551

-30,7

3411

Domstoladministrasjonen

5 272

Sum kategori 06.20345 818416 273288 551-30,7

Kriminalomsorg

3430

Kriminalomsorgen

116 279

114 876

117 615

2,4

3432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

2 976

1 033

1 058

2,4

Sum kategori 06.30119 255115 909118 6732,4

Politi og påtalemyndighet

3440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

1 931 937

1 729 733

2 089 376

20,8

3442

Politihøgskolen

47 627

34 330

35 150

2,4

3444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

28 910

14 500

20 000

37,9

3445

Den høyere påtalemyndighet

3 000

Sum kategori 06.402 008 4741 778 5632 147 52620,7

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

3451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

183 169

175 265

179 458

2,4

3454

Redningshelikoptertjenesten

25 197

25 877

26 627

2,9

3455

Redningstjenesten

458

3456

Nød- og beredskapskommunikasjon

489 724

485 221

493 879

1,8

Sum kategori 06.50698 548686 363699 9642,0

Andre virksomheter

3469

Vergemålsordningen

9 177

9 360

4 183

-55,3

Sum kategori 06.609 1779 3604 183-55,3

Fri rettshjelp, erstatninger, konfliktråd m.m.

3470

Fri rettshjelp

4 508

3 948

9 180

132,5

3473

Statens sivilrettsforvaltning

271

5

5

0,0

3474

Konfliktråd

1 531

681

701

2,9

Sum kategori 06.706 3104 6349 886113,3

Beskyttelse og innvandring

3490

Utlendingsdirektoratet

742 334

858 131

391 102

-54,4

Sum kategori 06.90742 334858 131391 102-54,4

Integrering og mangfold

3495

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

2 011

3496

Bosetting av flyktninger og tiltak for innvandrere

275 146

321 241

-100,0

3497

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere

36 750

50 505

-100,0

Sum kategori 06.95

313 907

371 746

-100,0

Sum inntekter

4 253 938

4 247 575

3 665 368

-13,7

Til forsiden