Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 234

5 350

5 500

Sum kap. 0001

5 234

5 350

5 500

Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som vert overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet. Kyrkja si særlege stilling på Svalbard, under dette kyrkja si rolle i den offentlege beredskapen, er mellom anna bakgrunnen for at løyvinga vert ført vidare som ei særskild løyving over svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskottet frå Kulturdepartementet til Den norske kyrkja.

Forslag til løyving skal mellom anna dekkje husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter. Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygninga. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygninga blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2018–2019) frå Kulturdepartementet.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

153 506

150 190

165 000

Sum kap. 0003

153 506

150 190

165 000

Løyvinga er redusert med 8,3 mill. kroner i og med at det statlege bidraget i samband med rehabiliteringa av energiverket vert avslutta. Stortinget vedtok i 2015 at kostnadane med rehabiliteringa i perioden 2015–2018 blir dekte som eit spleiselag der lokalstyret dekkjer 1/3 og staten 2/3 av kostnadane. Det er estimert at kostnadene med å byggje eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen vil vere på totalt 55,5 mill. kroner. Regjeringa legg opp til at staten finansierer halvparten av kostnadane til eit nytt reservekraftverk. Løyvinga er foreslått auka med 19 mill. kroner til å dekkje delar av kostnadene for 2019.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikk frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Lokalstyret fordelte i 2017 overskotet for 2016 som utgjorde 5,5 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot til Svalbard museum

12 250

12 520

12 900

Sum kap. 0004

12 250

12 520

12 900

Løyvinga skal mellom anna gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum på Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

72 590

66 640

70 400

Sum kap. 0005

72 590

66 640

70 400

Sysselmannen på Svalbard hadde 37 tilsette ved utgangen av 2017. Alle er tilsette i åremålsstillingar, med maksimalt åremål på seks år.

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmannen skal dekkje utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette husleige, utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er naudsynt for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg naudsynt for redningsberedskapen på Svalbard.

Det er foreslått å auke løyvinga på kap. 0005 med 2,1 mill. kroner for å styrkje Sysselmannen si miljøavdeling, m.a. i samband med opprydningsarbeidet i Svea/Lunckefjell.

Det er foreslått å styrkje løyvinga på kap. 0005 med 0,3 mill. kroner for å betre beredskap for lavinehundar i Longyearbyen.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

737

300

300

02

Refusjonar m.v.

7 896

3 000

3 000

16

Refusjon av foreldrepengar

-

-

-

18

Refusjon av sjukepengar

-

-

-

Sum kap. 3005

8 633

3 300

3 300

Kapitlet korresponderer med kap. 0005 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen tek imot diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

200 973

202 867

205 000

Sum kap. 0006

200 973

202 867

205 000

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter, utgifter til leige og drift av tenestefartøy og kjøp og drift av køyretøy (bandvogn, bilar, snøskuterar mv.) til vakt, beredskap og redning. Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetjingane og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er naudsynt for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla og bandvogn, bilar og snøskuterar er òg naudsynte for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan desse ressursane vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme òg i dei fjerne delane av øygruppa.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av Svalbard og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på Svalbard. Det er særs viktig at helikopter og fartøy kan samverke på ein god måte.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Leigeinntekter

-

-

-

02

Refusjonar

1 083

-

-

Sum kap. 3006

1 083

-

-

Kapitlet korresponderer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar på kap. 3006. Det er foreslått å budsjettere med 0 i inntekter på post 01 Leigeinntekter. Posten er svært usikker då etterspørselen etter å leige helikopter frå dei andre statlege verksemdene, når det minste helikopteret no er teke ut av teneste, er monaleg mindre enn tidlegare. Det er vidare føreslått løyvd 0 kroner på post 02 Refusjonar, då desse varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

30

Skred- og bustadtiltak

-

-

45 000

70

Diverse tilskot

1 227

1 100

1 100

Sum kap. 0007

1 227

1 100

46 100

Løyvinga på post 70 skal mellom anna nyttast til kjøp av tenester frå Telenor for å sikre teletenester på Svalbard.

Det er foreslått å løyve 45 mill. kroner til skredtiltak i Longyearbyen i 2019 på kap. 0007 post 30. Løyvinga vil kunne nyttast av NVE gjennom ei belastningsfullmakt.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

1 962

2 020

2 100

Sum kap. 0009

1 962

2 020

2 100

Løyvinga går til utgiftene Sysselmannen har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til oppfølging av Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023, under dette arkeologiske registreringar og undersøkingar i felt og registreringar, bygningsvedlikehald, avdekking av nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald og haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Løn til tilsette hos Sysselmannen på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på Svalbardbudsjettet.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekster

-

-

-

Sum kap. 3009

-

-

-

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

1 796

1 840

1 900

Sum kap. 0011

1 796

1 840

1 900

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For 2019 vil direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på.

Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Refusjon

3 520

3 600

3 700

Sum kap. 0017

3 520

3 600

3 700

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Sjå elles Klima- og miljødepartementets kap. 1471 for hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Drift og vedlikehald

7 200

7 360

5 640

30

Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr

-

-

560

Sum kap. 0018

7 200

7 360

6 200

Løyvinga dekkjer m.a. utgifter til løn, maskiner, helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard.

Løyvinga er foreslått redusert med 1,7 mill. kroner grunna at utskifting av maritime fyr og eksisterande aerolys er ferdig etter sesongen 2018. Løyvinga er foreslått auka med 0,4 mill. kroner til auka bruk av helikopter, som følgje av utplassering av nye aerolys.

Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

6 813

7 190

7 700

Sum kap. 0019

6 813

7 190

7 700

Løyvinga dekkjer Meteorologisk institutt sine utgifter til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen. Drifta av dei meteorologiske stasjonane er frå 1. januar 2018 finansiert over budsjettet til Klima- og miljødepartementet kap. 1412, post 50. Fram til og med 2017 var drifta finansiert på budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

2 227

2 110

2 150

Sum kap. 0020

2 227

2 110

2 150

Statsbygg er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statsbygg har eit eige kontor på Svalbard, som blir finansiert på svalbardbudsjettet. Løyvinga skal dekke lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen.

Oversikt over utgifter og inntekter som gjeld bygg og bustader på Svalbard, går fram av vedlegg 1 og 2.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

4 057

4 120

5 037

Sum kap. 0022

4 057

4 120

5 037

Skattekontoret er underlagt Finansdepartementet. Skattekontoret har eit eige kontor på Svalbard finansiert på Svalbardbudsjettet.

Løyvinga skal dekke løns- og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatt nord. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innafor det som til ei kvar tid er fastsett for skattemyndigheitene på Svalbard.

Det er foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner til ei ny stilling på Skattekontoret på Svalbard. Styrkinga vil gjere Skattekontoret i betre stand til å oppdatere befolkningsregisteret, m.a. sett i lys av at befolkninga i Longyearbyen har auka dei siste åra.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

305

330

330

Sum kap. 3022

305

330

330

Inntekta er avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet. Det er foreslått at Finansdepartementet i 2019 kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01, mot tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Skattar m.m.

187 449

220 700

167 800

71

Utførselsavgift

3 360

3 200

700

72

Utmålsgebyr, årsavgift

995

1 007

1 073

Sum kap. 3030

191 803

224 907

169 573

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2019. Overslaget er basert på venta fastsetjing for skatteåret 2018. Dei store svingingane i skatteinntekter skuldast m.a. sal av ein stor eigedom til Staten som genererte høge skatteinntekter i 2017, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018).

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir førte ut frå Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Det har vore store endringar i produksjonsvolum dei seinare åra. Produksjonen for 2017 låg under estimatet frå skattekontoret. Kolprisane endrar seg raskt slik at anslaga er usikre. Estimatet for samla koleksportavgift for 2019 er no på 0,7 mill. kroner, samanlikna med 3,2 mill. kroner i 2018.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der innehavaren av utmålet for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten kjem frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å føre vidare eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året pr. utmål.

I 2017 var det tre avgiftspliktige utmål som gjekk ut ved årsskiftet. Det vart tildelt 14 nye utmål. Ved inngangen til 2018 er det ført vidare 356 utmål, av desse er 195 avgiftspliktige. I tillegg kjem 14 utmål som blir endelege (rettskraftige) i 2018.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot

268 186

238 370

360 484

Sum kap. 3035

268 186

238 370

360 484

Inntektskapitlet svarer til tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet.

Til forsida