Del 1
Innleiing
1 Oversikt
1.1 Område
I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortinget sine eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikt over løyvingar på Finansdepartementets område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.
1.2 Hovudoppgåver og organisering
Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å
medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet
sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter
samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten
forvalte statleg formue og gjeld
medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd
medverke til velfungerande finansmarknader
Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019, Prop. 1 S (2018–2019) Statsbudsjettet for budsjettåret 2019 og Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.
Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.
1.3 Oversikt over budsjettframlegget for Finansdepartementet
Programområde under departementet
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 | |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2 645 623 | 2 855 292 | 2 763 700 | -3,2 | |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 41 242 856 | 42 583 689 | 44 244 800 | 3,9 | |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 59 964 988 | 8 925 415 | 87 047 900 | 875,3 | |
Sum Utgift | 103 853 467 | 54 364 396 | 134 056 400 | 146,6 | |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 42 324 | 30 500 | 31 800 | 4,3 | |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 3 043 803 | 3 044 257 | 3 060 600 | 0,5 | |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 27 693 456 | 16 843 800 | 23 659 700 | 40,5 | |
Sum Inntekt | 30 779 583 | 19 918 557 | 26 752 100 | 34,3 |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2019 under dette programområdet utgjer 2 763,7 mill. kroner som er ein reduksjon med 91,6 mill. kroner frå saldert budsjett 2018. Under programkategori 00.30 Regjeringa, er det en auke med nærmare 25,5 mill. kroner eller 6,3 pst. Nærmare 9,8 mill. kroner av auken kjem av at også kap. 21 Statsrådet no kjem inn under ordninga med premiebetaling til Statens pensjonskasse. Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar, gjer ein framlegg om å redusere løyvingane med 117,1 mill. kroner. Reduksjonen kjem serleg av lågare behov til rehabilitering av Stortingets eigedom Prinsens gate 26 mv.
Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte-, avgifts- og tolladministrasjonen, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2019 under dette programområdet utgjer 44 244,8 mill. kroner. Det er ein auke på 1 661,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2018. Av auken gjeld 950 mill. kroner auka meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren og 311,4 mill. kroner meir til nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift. Løyvinga til større IT-prosjekt i Skatteetaten vert redusert med 103,7 mill. kroner, særleg fordi to store prosjekt under fullføring har lågare behov.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 87 047,9 mill. kroner. Hovudgrunnen til ein auke her på 78 122,5 mill. kroner frå saldert budsjett 2018 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2019, medan det for 2018 ikkje vert rekna med nokon avdrag.
Inntekter
Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 26 752,1 mill. kroner. Av det er 12 113,3 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 12 000 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2019 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019.
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
01–23 | Driftsutgifter | 18 096 375 | 18 570 596 | 19 289 000 | 3,9 |
30–49 | Nybygg, anlegg m.m. | 756 335 | 851 800 | 714 200 | -16,2 |
50–59 | Overføringar til andre statsrekneskap | 20 000 | 10 000 | 8 000 | -20,0 |
60–69 | Overføringar til kommunar | 22 816 399 | 23 650 000 | 24 600 000 | 4,0 |
70–89 | Overføringar til private | 11 090 452 | 11 282 000 | 12 930 200 | 14,6 |
90–99 | Utlån, avdrag m.m. | 51 073 906 | 76 515 000 | ||
Sum under departementet | 103 853 467 | 54 364 396 | 134 056 400 | 146,6 |
1.3.1 Betaling av premie til Statens pensjonskasse
Frå 2017 av tok ein i bruk ein forenkla modell for betaling av premie til Statens pensjonskasse for verksemder som ikkje tidlegare hadde betalt premie til pensjonskassa. Nyordninga gav for 2017 ei meirutgift på 19,2 mill. kroner under programkategorien 00.30 Regjeringa, medan meirutgifta på programområde 23 Finansadministrasjon, var 811,6 mill. kroner. Frå 2018 kom òg programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar inn under ordninga, og dette gav ei meirutgift på 106,1 mill. kroner. Under programkategori 00.30 Regjeringa var kap. 21 Statsrådet ikkje med frå 2017 av, men kjem med i 2019 med ei meirutgift på nærmare 9,8 mill. kroner. Motstykket til desse meirutgiftene i 2017–2019 er lågare løyvingar på kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse og kap. 613 Arbeidsgjevaravgift til folketrygda.
2 Nokre viktige oppgåver i 2019
Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2019, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.
2.1 Oppfølging av NOU 2017: 13 Ny sentralbanklov – organisering av Noregs Bank og Statens pensjonsfond utland
Regjeringa sette 10. april 2015 ned eit offentleg utval som skulle fremje forslag til ny sentralbanklov. Utvalet vart også bede om å vurdere organiseringa av Noregs Bank og forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU). Utvalet, som vart leia av Svein Gjedrem, leverte si utgreiing (NOU 2017: 13) til Finansdepartementet 23. juni 2017. Utgreiinga har vore på høyring. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget i oktober 2018.
2.2 Statens pensjonsfond
Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er i hovudsak prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.
Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 8 588 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2018. Av dette var 8 337 mrd. kroner i SPU og 251 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.
Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor akseptabel risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.
Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.
Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018 og i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019.
2.3 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet
På finansmarknadsområdet har det gjennom mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadene og finansinstitusjonane er effektive. Samtidig skal det fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slags finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på når ein fastset reglar. Regelverksarbeidet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapportering av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalt i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.
Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette området og av stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2018 vart framlagd i april 2018 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 371 S (2017–2018). Arbeidet i internasjonale fora som G 20, Baselkomiteen og EU for å styrkje reguleringa i finansmarknadene etter den internasjonale finanskrisa i 2008–2009, er langt på veg sluttført. Noreg, Island og Liechtenstein samarbeider med EU om å utvikle EØS-avtalen ved å ta inn ei stor mengd nye rettsaktar på finansmarknadsområdet, og som skal gjennomførast i nasjonal rett. Sentrale soliditetskrav og krav til krisebehandling i tråd med internasjonale anbefalingar og vedtekne EU-reglar, er allereie gjennomførte eller foreslått gjennomført. I del II i denne proposisjonen er det under kap. 1600 Finansdepartementet, Rapport, gjeve ei meir detaljert framstilling av arbeidet med EØS-relevante forordningar og direktiv, og om anna regelverksarbeid.
2.4 Statistikklovutvalet
Dagens statistikklov er frå 1989. Rammeverket for statistikkproduksjon har sidan endra seg mykje. Finansdepartementet sette difor i 2016 ned eit offentleg utval for å vurdere statistikklova. Utvalet la i mars 2018 fram si utgreiing. Tilrådingane frå det er kort referert under kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, avsnittet Viktige utfordringar. Departementet tek sikte på å fremje ein proposisjon med forslag til ny statistikklov i 2019.
2.5 Skatte- og avgiftsområdet
Regelverk på skatte- og avgiftsområdet vert stadig endra. I del II er det under kap. 1600 Finansdepartementet rapportert om fleire regelrevisjonar og nytt regelverk som det òg vil verte arbeidd med etter 2018, og om aktivitetar i 2019 og seinare. Dette gjeld mellom anna
arbeid med å lage eit bilavgiftssystem som er berekraftig etter 2025
eit utval som skal vurdere skattlegginga av havbruksnæringa
eit utval som gjer ei heilskapleg vurdering av skattlegginga av kraftverk.
reglar for kjeldeskatt på renter og royalty
Ein meir detaljert gjennomgang av pågåande oppgåver er å finne under kap. 1600.
2.6 Fornye, forenkle og forbetre
Skatte- og avgiftsområdet
Skatteetaten har dei seinare åra gjennomført fleire store omstillingsprosessar der målet er ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvalting. Statens innkrevjingssentral vart innlemma i Skatteetaten i 2015. Ansvaret for særavgifter og meirverdiavgift ved innførsel vart overført frå Tolletaten til Skatteetaten i 2016 og 2017. I 2018 vart Nav Innkrevjing overført frå Arbeids- og velferdsetaten til Skatteetaten.
Skatteetaten er òg i ferd med å innføre ein ny kontorstruktur med færre kontor og større fagmiljø og ein ny organisasjonsmodell basert på landsdekkjande oppgåveløysing. Den nye organiseringa legg til rette for at Skatteetaten kan løyse sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte.
Skatteetatens pågåande arbeid med modernisering av Folkeregisteret, eit nytt IT-system for særavgiftsforvaltinga (SAFIR) og ei ny, dialogbasert skattemelding (SIRIUS) vil gje både meir effektiv ressursbruk i etaten og store gevinstar for samfunnet. Regjeringa gjer framlegg om å starte arbeidet med eit nytt IT-system for meirverdiavgift i 2019. Dette systemet vil mellom anna leggje til rette for auka etterleving av regelverket, sikring av meirverdiavgiftsprovenyet og meir effektive løysingar og arbeidsprosessar for Skatteetaten og næringslivet.
Forenklingar er naudsynt av omsyn til både dei skattepliktige og Skatteetaten. Som ei oppfølging av omtala i Prop. 1 LS (2017–2018) har Finansdepartementet saman med Skatteetaten starta eit forenklingsprosjekt. Forenklingsprosjektet utgreier tiltak som kan minske dei administrative byrdene for både dei skattepliktige og Skatteetaten. Prosjektet starta opp i desember 2017 og vil halde fram til 30. november 2019.
Fleire av tiltaka er òg omtalte under kap. 1618 Skatteetaten.
Tolletaten
Regjeringa gjer framlegg om å starte arbeidet med digitalisering av Tolletatens kontrollprosessar og ein ny prosedyre for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling). Føremålet er mellom anna å effektivisere oppgåveløysinga for både næringslivet og Tolletaten. Ekspressfortollingsprosedyren vil gje ei føreseieleg og smidig grensepassering for næringslivet. For aktørar som fortollar på grensa, betyr dette at ein, i normalsituasjonen, slepp å stanse for å få behandla papira sine i ekspedisjonen. Det vert starta eit forsøksprosjekt med ekspressfortolling på Ørje tollstad allereie i 2018.
Tolleetaten arbeider òg med ei vurdering av organiseringa av etaten og skal i 2018 leggje fram for Finansdepartementet eit forslag til ny organisering.
Tiltaka er òg omtalte under kap. 1610 Tolletaten.
Interne fellestenester i staten
Direktoratet for økonomistyring (DFØ) legg til rette for effektiv ressursbruk i staten gjennom å levere standardiserte og effektive tenester til verksemdene. Gjentekne, regelbaserte oppgåver med store volum gjer verksemda godt eigna for digitalisering og automatisering. DFØ har teke i bruk robotisert prosessautomatisering på utvalde løns- og rekneskapsprosessar. DFØ har også utvikla ein praterobot på lønsområdet som nyttar kunstig intelligens.
Direktoratet bidrar òg til at staten får lågare investerings- og driftskostnader ved å kjøpe løysingar som mange kundar kan nytte. Fleire store og komplekse verksemder skal verte kundar av DFØ. Dette gjeld m.a. Politiet. De fire store universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø vil ta i bruk DFØs løns- og rekneskapstenester frå 2021.
Finansområdet
Finanstilsynet vil fortsetje arbeidet med å effektivisere verksemda si. Redusert sakshandsamingstid gjennom systematisk forbetring av interne arbeidsprosessar, samstundes som eksterne og interne kvalitetskrav skal møtast, er sentralt. Utnytting av IT skal bidra til eit effektivt tilsyn gjennom å utvikle effektive rapporterings- og analyseløysingar og etablere moderne informasjons- og samhandlingskanalar internt og mot tilsynseiningar og publikum.
Finanstilsynet har gjennomført ei rekkje tiltak som har auka kvaliteten på data og effektivisert og forenkla verksemda. Utan desse tiltaka villa auka tilsynskrav og -volum dei seinaste åra ha vore vanskeleg å handsame. Tiltak som har hatt, og vil ha god effekt, er til dømes bruk av Altinn ved innrapporteringar og konsesjonssøknader.
Modernisering av statistikkproduksjonen
For å møte auka krav frå brukarane, samstundes som det vert sett krav til å effektivisere verksemda, må SSB modernisere statistikkproduksjonen. I 2018 byrja arbeidet i dei fyrste, avgrensa prosjekta for å etablere ei moderne IT-plattform, gje ny datalagring og fellesløysingar for datafangst og førebu prosessforbetringar i dei statistikkproduserande avdelingane. Ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet har vist at det er naudsynt med meir utgreiing før eit samla program vert sett i verk. Arbeidet med å førebu prosjektet og prosjektmandatet vil difor halde fram. For 2019 er det øyremerkt 20 mill. kroner til dette arbeidet.
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2017–2018 og alle vedtak frå tidlegere sesjonar der rapporteringa ikkje vart avslutta i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018) eller Meld. St. 7 (2017–2018) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017. I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettframlegget gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst.
I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor er oppgitt om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no vert avslutta eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt fyrst verte avslutta når slikt framlegg er gjort.
Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar eller andre dokument til Stortinget.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering vert avslutta (Ja/nei) |
---|---|---|---|
2017–2018 | 3 | Stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft | Nei |
2017–2018 | 37 | Meirverdiavgift – fritak for digital journalistikk | Nei |
2017–2018 | 38 | Avskrivningsreglar for profesjonell utleige av bustad | Ja |
2017–2018 | 56 | Betydning av familien og hushaldsstrukturen for norsk økonomi | Nei |
2017–2018 | 64 | Om å leggje om flypassasjeravgifta | Ja |
2017–2018 | 596 | Tilsyn med OTP-ordningar | Nei |
2017–2018 | 660 | Klimaverkemiddel i oppdrettsnæringa | Nei |
2017–2018 | 693 | Spillselskap – Statens pensjonsfond utland | Nei |
2017–2018 | 711 | Omsetjingsavgift – digital økonomi | Nei |
2017–2018 | 712 | Omsetjingsavgift – digital økonomi | Nei |
2017–2018 | 713 | Omsetjingsavgift – digital økonomi | Nei |
2017–2018 | 727 | Om tiltak for å styrkje forbrukarane sine rettar i handel med bustad | Nei |
2017–2018 | 826 | NOU om ulike former for beskatning av havbruksnæringa | Ja |
2017–2018 | 858 | Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon | Nei |
2017–2018 | 867 | Finansskatt | Ja |
2017–2018 | 868 | Finansskatt | Nei |
2017–2018 | 869 | Fjerning av avgiftsfritak for sending av varer med låg verdi | Nei |
2017–2018 | 871 | Kolkriteriet – Statens pensjonsfond utland | Nei |
2017–2018 | 874 | Etablering av regulatorisk sandkasse | Nei |
2017–2018 | 877 | Utgreiing av ulike modellar for rentetak | Nei |
2017–2018 | 1004 | Leggje om avgiften på alkoholfrie drikkevarer | Nei |
2017–2018 | 1006 | Kursreguleringsfond | Nei |
2016–2017 | 48 | Land-for-land-rapportering | Nei |
2016–2017 | 557 | Vurdering av om det er føremålstjenleg med rentetak | Ja |
2016–2017 | 787 | Utgreie muligheten for å innføre rentetak | Ja |
2016–2017 | 1040 | Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen | Nei |
2016–2017 | 1104 | Differensiert avgift på biodrivstoff | Nei |
2016–2017 | 1116 | Frådrag for tilskot til vitskapeleg forskning og yrkesopplæring | Ja |
2015–2016 | 761 | Kost/nytte-investeringsstrategiar i Statens pensjonsfond utland | Ja |
2015–2016 | 1002 | Vegbruksavgift – fritak for naturgass som erstatning for biogass | Nei |
2014–2015 | 513 | Innhenting av opplysningar i skattesaker | Ja |
2014–2015 | 514 | Utlevering av opplysningar frå Skatteetaten til andre offentlege styresmakter | Ja |
2014–2015 | 602 | Register over reelle rettshavarar | Nei |
3.1 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2017–2018
Stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft
Vedtak nr. 3 (2017–2018), 11. oktober 2017
«Stortinget ber regjeringen fremme en stortingsmelding om tiltak mot den økende ulikheten i makt og rikdom i Norge.»
Vedtaket vart gjort i samband med trontaledebatten i 2017, jf. forslag nr. 3 frå representanten Audun Lysbakken.
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft rundt årsskiftet 2018/2019.
Meirverdiavgift – fritak for digital journalistikk
Vedtak nr. 37 (2017–2018), 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede utvidelse av merverdiavgiftsfritaket for medier til å gjelde all digital journalistikk, herunder betydningen for uavhengige journalister, og legge dette frem i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2018.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018 jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018
Regjeringa varsla i Prop. 86 LS (2017–2018) at den tok sikte på å innføre eit fritak for elektroniske tidsskrift slik at trykte tidsskrift som er fritekne for meirverdiavgift også kan givast ut elektronisk med meirverdiavgiftsfritak. Fordi eit fritak for meirverdiavgift inneber støtte frå staten og difor må få ESA si godkjenning før det kan verte sett i verk, tek regjeringa sikte på at eit slikt fritak vert innført frå 1. juli 2019. Regjeringa kjem difor tilbake med denne saka ved budsjettrevisjonen våren 2019.
Avskrivningsreglar for profesjonell utleige av bustad
Vedtak nr. 38 (2017–2018), 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2019 om å vurdere å utvide avskrivningsreglene for næringsutleie til også å omfatte profesjonell boligutleie.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.
Departementet har vurdert om bustadbygg bør kunne avskrivast for skatteføremål. Etter ei samla vurdering frarår departementet eit slikt forslag. Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 33.
Betydning av familien og hushaldsstrukturen for norsk økonomi
Vedtak nr. 56 (2017–2018), 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen om at betydningen av familien og husholdningsstrukturen for norsk økonomi, herunder utviklingen i fødselstallene, omtales i nasjonalbudsjettet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.
Oppmodingsvedtaket er omtalt i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019, kap. 2.
Departementet omtalar mellom anna utviklinga i hushaldsstruktur- og storleik opp mot utviklingstrekk i bustadmarknaden i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019, kap. 2. Ein omtale av fødselstall opp mot folketilvekst er gjeve i kap. 3 i same melding.
Om å leggje om flypassasjeravgifta
Vedtak nr. 64 (2017–2018), 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere en omlegging av dagens flypassasjeravgift, slik at den får en miljøprofil, for eksempel differensiering etter flyreisens lengde.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.
I Prop. 1 LS (2018–2019) foreslår regjeringa å leggje om flypassasjeravgifta slik at den får to satsar i hovudsak differensiert etter avstand frå Oslo. Regjeringa legg opp til ei provenynøytral omlegging og ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslaget.
Tilsyn med OTP-ordningar
Vedtak nr. 596 (2017–2018), 10. april 2018
«Stortinget ber regjeringen vurdere å etablere en tilsynsordning med tilhørende sanksjoner, som skal sikre at bedriftene følger opp den lovbestemte plikten til å opprette og beholde obligatorisk tjenestepensjon for sine ansatte.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:101 S (2017–2018), Innst. 197 S (2017–2018), jf. forslag nr. 5 frå representanten Tore Storehaug.
Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.
Klimaverkemiddel i oppdrettsnæringa
Vedtak nr. 660 (2017–2018), 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler for at oppdrettsnæringen kan kutte sine klimagassutslipp, og komme tilbake til Stortinget med dette.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).
Oppmodingsvedtaket er under behandling i Finansdepartementet. Regjeringa vi kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Spillselskap – Statens pensjonsfond utland
Vedtak nr. 693 (2017–2018), 7. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede grunnlaget for å trekke Statens pensjonsfond utland (SPU) ut av pengespillselskaper med sikte på en vurdering i forbindelse med den årlige forvaltningsmeldingen om fondet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:110 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anette Trettebergstuen og Geir Jørgen Bekkevold om en mer ansvarlig spillpolitikk, jf. Innst. 242 S (2017–2018).
Departementet vil kome tilbake til oppfølginga av vedtaket i meldinga Statens pensjonsfond 2019 våren 2019.
Omsetjingsavgift – digital økonomi
Vedtak nr. 711 (2017–2018), 14. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen betydelig forsterke arbeidet med skattlegging av multinasjonale selskaper med liten fysisk tilstedeværelse blant annet gjennom aktivt arbeid i OECD samt støtte til arbeidet i G20, og vurdere mulige midlertidige modeller for skattlegging av selskaper med digital inntjeningsplattform, i tråd med intensjonen i Representantforslag 69 S (2017–2018).»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt», jf. Innst. 242 S (2017–2018).
Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 5.6. Regjeringa vil kome tilbake til saka seinast hausten 2019. Sjå også oppmodingsvedtaka nr. 712 og 713.
Omsetjingsavgift – digital økonomi
Vedtak nr. 712 (2017–2018), 14. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte, og senest innen høsten 2019, med en vurdering av hvordan Norge skal følge opp arbeidet som er gjort i OECD.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av dokument 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt», jf. Innst. 242 S (2017–2018).
Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 5.6. Regjeringa vil kome tilbake til saka seinast hausten 2019. Sjå også oppmodingsvedtaka nr. 711 og 713.
Omsetjingsavgift – digital økonomi
Vedtak nr. 713 (2017–2018), 14. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke konsekvenser innføring av en omsetningsavgift tilsvarende den som er foreslått av EU-kommisjonen, vil ha for skattlegging av multinasjonale selskaper, norsk næringsliv og norsk eksportnæring.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av dokument 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt».
Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 5.6. Regjeringa vil kome tilbake til saka seinast hausten 2019. Sjå også oppmodingsvedtaka nr. 711 og 712.
Om tiltak for å styrkje forbrukarane sine rettar i handel med bustad
Vedtak nr. 727 (2017–2018), 15. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen legge innstilling 477 S (2016–2017) til grunn for oppfølging av stortingsvedtakene 1035, 1036, 1037, 1038, 1039 og 1040, om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bustad.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 7 (2017–2018) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017, jf. Innst. 275 S (2017–2018),
Finansdepartementet tek sikte på å setje ned eit lovutval for å revidere eiendomsmeglingslova i inneverande stortingssesjon. Utvalet vil også kunne vurdere reglane om bodgjevning som ledd i ein revisjon av lova. Finansdepartementet vil leggje Innst. 477 S (2016–2017) til grunn for å følgje opp stortingsvedtaket nr. 1040 (2016–2017) om å sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen.
NOU om ulike former for beskatning av havbruksnæringa
Vedtak nr. 826 (2017–2018), 4. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen om å nedsette et partssammensatt utvalg som skal utarbeide en NOU som behandler ulike former for beskatning av havbruksnæringen, herunder produksjonsavgift og grunnrentebeskatning/ressursrenteavgift. Ett av målene med utredningen er at vertskommuner skal sikres stabile og forutsigbare årlige inntekter for bruk av areal og for å tilrettelegge for nytt areal for oppdrettsnæringen også når det ikke er vekst. Utredningen må også vurdere den internasjonale konkurransesituasjonen for havbruksnæringen, forutsetninger for lønnsomhet, risikoen ved biologisk produksjon i sjø, samt hvordan skatte- og avgiftssystemet påvirker sysselsettingen og industrialisering i Norge og forholdet mellom norsk og utenlandsk eierskap. Beskatningen må innrettes slik at næringen har et godt grunnlag for kunnskapsutvikling, innovasjon, investeringer og bærekraftig vekst.
Saken må sluttføres i Stortinget våren 2020, med sikte på mulig ikrafttredelse medio 2020. Havbruksfondets innretning og fordeling sees i sammenheng med annen beskatning.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:192 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Torgeir Knag Fylkesnes, Mona Fagerås, Arne Nævra, Eirik Faret Sakariassen og Lars Haltbrekken om innføring av et produksjonsvederlag for oppdrett av laks, ørret og regnbueørret innenfor territoriallinjen, jf. Innst. 338 S (2017–2018).
Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom nedsetting 7. september 2018 av eit partssamansett utval. Regjeringa vil deretter kome tilbake til Stortinget med eventuelle forslag om endringar i skattlegginga av havbruksnæringa.
Finansskatt
Vedtak nr. 867 (2017–2018), 11. juni 2018
«Stortinget ber regjeringa vurdere om utvida grunnlag for meirverdiavgift på finansielle tenester og avgift på margininntekter er ein modell som det framleis bør jobbast med å innføre eller ikkje. Vidare ber Stortinget regjeringa om å gi ei vurdering av forslaget om forhøgd selskapsskatt som vert betalt inn i terminar. Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget med omtale av dette på eigna måte, seinast i statsbudsjettet for 2019.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:190 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Sigbjørn Gjelsvik, Kari Elisabeth Kaski og Kjell Ingolf Ropstad om provenynøytral omlegging av finansskatten der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna, jf. Innst. 365 (2017–2018).
Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), Skatter, avgifter og toll 2019, kap. 32. Her orienterer departementet om at det ser det som lite føremålstenleg å utgreie vidare ein avgift på margininntekter. Departementet frarår vidare å leggje om finansskatten til ein rein overskotsskatt, betalt i terminar. Departementet foreslår å utgreie ein ny modell for å skatte meirverdien i finansiell tenesteyting og å utgreie konsekvensane av å utvide meirverdiavgiftsgrunnlaget til å omfatte skadeforsikring.
Revisjon
Vedtak nr. 858 (2017-2018), 7. juni 201
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i revisjonsloven gjennom å likestille praksis fra kommunal og privat revisjon når det gjelder godkjenning som statsautorisert og registrert revisor.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 46 L (2017–2018) Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven), jf. Innst. 369 L (2017–2018).
Finansdepartementet vil behandle oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2017: 15 Revisorloven – forslag til ny lov om revisjon og revisorer.
Finansskatt
Vedtak nr. 868 (2017–2018), 11. juni 2018
«Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget på eigna måte, seinast i samband med statsbudsjettet for 2020, med framlegg om ei provenynøytral omlegging av finansskatten og der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:190 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Sigbjørn Gjelsvik, Kari Elisabeth Kaski og Kjell Ingolf Ropstad om provenynøytral omlegging av finansskatten der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna, jf. Innst. 365 (2017–2018).
Departementet gjev Stortinget ei førebels orientering om oppfølginga av vedtaket i Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019, sjå kap. 32 Sjå også oppmodingsvedtak nr. 867.
Fjerning av avgiftsfritak for sending av varer med låg verdi
Vedtak nr. 869 (2017–2018), 11. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede fjerning av avgiftsfritaket for varesendinger fra utlandet med verdi under 350 kroner og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2019.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:213 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad, Knut Arild Hareide og Olaug V. Bollestad om å utrede fjerning av 350-kronersgrensen for varesendinger fra utlandet, jf. Innst. 364 S (2017–2018).
På bakgrunn av ei utgreiing av dette legg regjeringa ikkje opp til å gjere endringar i grensa på 350 kroner (inkl. kostnader til forsikring og frakt til Noreg). I Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 35, omtalar regjeringa grensa for avgiftsfrie varesendingar frå utlandet og den utgreiinga som er gjort.
Kolkriteriet – Statens pensjonsfond utland
Vedtak nr. 871 (2017–2018), 11. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen legge frem en vurdering i neste års stortingsmelding om Statens pensjonsfond av om dagens kriterier for uttrekk av kullselskaper fra SPU er tilstrekkelige med tanke på å ekskludere selskaper med en betydelig kullrelatert virksomhet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018, jf. Innst. 370 S (2017–2018).
Departementet vil kome tilbake til oppfølginga av vedtaket i meldinga Statens pensjonsfond 2019 våren 2019.
Etablering av regulatorisk sandkasse
Vedtak nr. 874 (2017–2018), 11. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen etablere en regulatorisk sandkasse for fintech i Norge innen utgangen av 2019. En regulatorisk sandkasse bør underlegges Finanstilsynet, men etableres i samarbeid med finansnæringen og om hensiktsmessig også inkludere øvrige relevante tilsynsorgan som for eksempel Datatilsynet, Konkurransetilsynet og Forbrukerombudet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2019, jf. Innst. 371 S (2017–2018).
Departementet vil følgje opp saka i tråd med vedtaket og vil etablere ei såkalla regulatorisk sandkasse for fintech, og som Finanstilsynet skal drive, innan utgangen av 2019. Finansdepartementet vil orientere Stortinget om arbeidet med å etablere ei regulatorisk sandkasse i Finansmarkedsmeldingen 2019.
Utgreiing av ulike modellar for rentetak
Vedtak nr. 877 (2017–2018), 11. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede ulike modeller for et rentetak i Norge og komme tilbake med dette i Finansmarkedsmeldingen 2019.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2018, jf. forslag nr. 9 frå representanten Åsunn Lyngdal.
Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i Finansmarkedsmeldingen 2019.
Leggje om avgiften på alkoholfrie drikkevarer
Vedtak nr. 1004 (2017–2018), 15. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede en reduksjon av særavgiften på alkoholfrie drikkevarer slik at avgiften differensieres ut fra sukkerinnhold, med utgangspunkt i modellene fra Storbritannia, Irland og Finland.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018).
Vedtaket vert følgt opp i Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019, kap. 13.15.
Kursreguleringsfond
Vedtak nr. 1006 (2017–2018), 15. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede nødvendige endringer i reglene om at en andel av kursreguleringsfondet kan holdes tilbake ved flytting av kommunale pensjonsordninger, slik at kommunene kan velge den pensjonsløsning de ønsker.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018).
Departementet vil utgreie saka i samarbeid med Finanstilsynet og sende eit forslag til regelverksendring på høyring.
3.2 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2016–2017
Land-for-land-rapportering
Vedtak nr. 48 (2016–2017), 15. november 2016
«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene), jf. Innst. 42 L (2016–2017).
Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide forslag til lovendringar som vil verte sendt på høyring våren 2019.
Vurdering av om det er føremålstjenleg med rentetak
Vedtak nr. 557 (2016–2017), 4. april 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere hensiktsmessigheten av rentetak og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:121 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Karin Andersen og Audun Lysbakken om å lukke gjeldsfeller, jf. Innst. 231 S (2016–2017).
Vedtaket er følgt opp i Finansmarkedsmeldingen 2018, jf. også vedtak nr. 787 (2016–2017). Departementet konkluderte med at eit rentetak kan vere eit aktuelt verkemiddel, men at det fyrst bør vurderast når ein har fått meir røynsle med allereie gjennomførte og planlagde tiltak. Finanskomiteens fleirtal slutta seg til vurderinga, jf. Innst. 371 S (2017–2018), pkt. 4.2. Samstundes fatta Stortinget nytt vedtak om å be regjeringa greie ut ulike modellar for rentetak, jf. vedtak nr. 877 (2017–2018).
Utgreie muligheten for å innføre rentetak
Vedtak nr. 787 (2016–2017), 7. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å innføre et rentetak og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 87 L (2016–2017) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven), jf. Innst. 356 L (2016–2017).
Vedtaket er følgt opp i Finansmarkedsmeldingen 2018, jf. også vedtak nr. 557 (2016–2017). Departementet konkluderte med at eit rentetak kan vere eit aktuelt verkemiddel, men at det fyrst bør vurderast når ein har fått meir røynsle med allereie gjennomførte og planlagde tiltak. Finanskomiteens fleirtal slutta seg til vurderinga, jf. Innst. 371 S (2017–2018), pkt. 4.2. Samstundes fatta Stortinget nytt vedtak om å be regjeringa greie ut ulike modellar for rentetak, jf. vedtak nr. 877 (2017–2018).
Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen
Vedtak nr. 1040 (2016–2017), 20. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, jf. Innst. 477 S (2016–2017).
Finansdepartementet tek sikte på i inneverande stortingssesjon. å setje ned eit lovutval for å revidere eiendomsmeglingsloven. Lovutvalet vil også kunne vurdere reglar om korleis ein skal gje bod.
Differensiert avgift på biodrivstoff
Vedtak nr. 1104 (2016–2017), 21. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for differensiert avgift på biodrivstoff utenfor omsetningskravet med sikte på å fremme bærekraftig bio-drivstoff. EØS-rettslige konsekvenser må vurderes nærmere.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017, jf, Innst. 401 S (2016–2017).
Oppfølginga av vedtaket er omtalt på side 54 i Prop. 1 S (2017–2018) for Finansdepartementet. Finanskomiteen tok omtalen til orientering, jf. Innst. 5 S (2017–2018), pkt. 2.2.
Regjeringa varslar i Prop. 1 LS (2018–2019) at regjeringa vil kome tilbake til saka i statsbudsjettet for 2020.
Frådrag for tilskot til vitskapeleg forskning og yrkesopplæring
Vedtak nr. 1116 (2016–2017), 21. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå ordningen med skattefradrag for vitenskapelig forskning og kome tilbake til Stortinget med forslag til eventuelle endringer. Evalueringen skal vurdere en endring av dagens praktisering av regelverket, en fjerning av kravet til statlig styrerepresentant, en ny ordning tilpasset EØS-regelverk eller om kravet til statlig styrerepresentant kan oppfylles enklere.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017, jf, Innst. 401 S (2016–2017).
Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom ein omtale i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 31. Skattedirektoratet har gjennomført ei rettsleg vurdering av praktiseringa av kravet om statleg medverknad. Etter ein gjennomgang har direktoratet kome til at kravet om statleg medverknad kan sjåast som oppfylt der staten medverkar på annan måte enn gjennom ein statleg styrerepresentant, dersom medverknaden gjer det mogeleg å ha tilstrekkeleg kontroll med bruken av tilskota.
3.3 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2015–2016
Kost/nytte-investeringsstrategiar i Statens pensjonsfond utland
Vedtak nr. 761 (2015–2016), 3. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen om at neste års gjennomgang også vurderer resultatene fra, og kost/nytte-verdiene av de ulike investeringsstrategiene, både på kort og lang sikt, og fremme eventuelle endringer i lys av disse vurderingene i forbindelse med fondsmeldingen for 2017.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015, jf. Innst. 326 S (2015–2016).
Vedtaket vart følgt opp gjennom omtale i Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018, avsnitt 2.4. Finanskomiteen hadde ikkje merknadar til dette i Innst. 370 S (2017–2018).
Vegbruksavgift – fritak for naturgass som erstatning for biogass
Vedtak nr. 1002 (2015–2016), 17. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen påse at midlertidig ordning for 2016 med kr 0,00 i sats for veibruksavgift for naturgass (LNG) opphører i 2017 ved snarest mulig å utarbeide grunnlag for notifisering og iverksette prosessen med ESA, slik at det 1. januar 2017 kan innføres 100 pst. veibruksavgift på LNG i kombinasjon med en overgangsordning med unntak for veibruksavgift på naturgass brukt som supplement som settes til 50 pst. som et første skritt, men nedtrapping mot 0 pst i 2025.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016, sjå Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016).
Saka vart omtalt i Prop. 1 LS (2017–2018), Skatter, avgifter og toll 2018, pkt. 9.5, der det går fram at departementet arbeider med saka og at tiltaket vil verte gjennomført når ESA har godkjent ordninga. Finanskomiteen tok dette til orientering, sjå Innst. 3 S (2017–2018) pkt. 9.5. Vedtaket vart også omtalt i Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, der det vart vist til at notifikasjonsprosessen framleis er i gang. Finanskomiteen tok omtalen til orientering, sjå Innst. 400 S (2017–2018), pkt. 4.1.1. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med saka.
3.4 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2014–2015
Innhenting av opplysningar i skattesaker
Vedtak nr. 513 (2014–2015), 28. april 2015
«Stortinget ber regjeringen utrede om Skatteetaten kan få bedre muligheter til å innhente relevant informasjon og sikre bevis, blant annet gjennom beslag.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:7 S (2014–2015) Representantforslag frå stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal og Kjell Ingolf Ropstad om tiltak for å styrke kampen mot svart arbeid, jf. Innst. 218 S (2014–2015).
Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 16, om at Skatteetaten skal få høve til å gjere bevissikring i skattesaker. I Prop. 1 LS er det også gjeve ei vurdering av i kva grad Skatteetaten bør innhente informasjon gjennom skjult observasjon i skattesaker.
Utlevering av opplysningar frå Skatteetaten til andre offentlege styresmakter
Vedtak nr. 514 (2014–2015), 28. april 2015
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som kan gi Skatteetaten bedre mulighet til å dele informasjon, som for eksempel ileggelse av skjerpet tilleggsskatt og manglende levering av selvangivelse, med andre offentlige etater, for å bekjempe svart virksomhet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:7 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal og Kjell Ingolf Ropstad om tiltak for å styrke kampen mot svart arbeid, jf. Innst. 218 S (2014–2015).
Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 17, om å betre Skatteetatens høve til å dele informasjon med andre offentlege etatar, m.a. med sikte på å motverke svart verksemd. Det vert òg foreslått eigne heimlar for at Skatteetaten og Tolletaten kan dele opplysningar med medarbeidarar frå andre etatar som deltek i NTAES (Nasjonalt tverretatlig analyse- og etterretningssenter) og a-krimsentrene.
Register over reelle rettshavarar
Vedtak nr. 602 (2014–2015), 5. juni 2015
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap og styrke innsatsen mot skattekriminalitet, korrupsjon og hvitvasking. Et slikt register må følge opp Financial Action Task Forces anbefalinger fra 2012 om internasjonale standarder for bekjempelse av hvitvasking og bekjempelse av terrorfinansiering og spredning, og registeret må også følge opp EU-reguleringen på dette området.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:57 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marianne Marthinsen og Hans Olav Syversen om å opprette et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap, jf. Innst. 298 S (2014–2015).
Regjeringen satte i 2015 ned eit kvitvaskingslovutval som mellom anna har greidd ut naudsynte endringar i kvitvaskingsregelverket for å følgje opp FATFs tilrådingar og komande EØS-reglar som svarar til EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv. Ei vurdering av korleis informasjon om reelt eigarskap skal kunne gjerast tilgjengeleg i eit offentleg register, inngår i den andre delutgreiing frå utvalet som vart levert til Finansdepartementet i desember 2016. Utgreiinga var på høyring våren 2017. Regjeringa la 22. juni 2018 fram Prop. 109 L (2017–2018) som inneheld forslag til lov om register over reelle rettshavarar. Lovforslaget legg til rette for å opprette eit register over reelle rettshavarar i Noreg. Departementet vil førebu forskrifter om opprettinga av registeret i lys av Stortingets handsaming av lovforslaget.
4 Oversiktstabellar for budsjettet
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | 118 095 | 118 465 | 121 200 | 2,3 |
21 | Statsrådet | 175 960 | 173 061 | 190 200 | 9,9 |
24 | Regjeringsadvokaten | 108 248 | 114 566 | 120 200 | 4,9 |
Sum kategori 00.30 | 402 303 | 406 092 | 431 600 | 6,3 | |
Stortinget og underliggjande institusjonar | |||||
41 | Stortinget | 1 641 559 | 1 762 700 | 1 595 800 | -9,5 |
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | 6 409 | 7 300 | 7 300 | 0,0 |
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | 79 841 | 83 500 | 88 900 | 6,5 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 13 633 | 18 800 | 51 200 | 172,3 |
45 | Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar | 19 927 | 24 500 | 25 000 | 2,0 |
51 | Riksrevisjonen | 481 951 | 552 400 | 563 900 | 2,1 |
Sum kategori 00.40 | 2 243 320 | 2 449 200 | 2 332 100 | -4,8 | |
Sum programområde 00 | 2 645 623 | 2 855 292 | 2 763 700 | -3,2 | |
Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | 433 745 | 462 648 | 494 400 | 6,9 |
1602 | Finanstilsynet | 356 078 | 385 914 | 415 400 | 7,6 |
1605 | Direktoratet for økonomistyring | 501 085 | 473 144 | 523 400 | 10,6 |
1608 | Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring | 20 360 | 18 809 | -100,0 | |
Sum kategori 23.10 | 1 311 268 | 1 340 515 | 1 433 200 | 6,9 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
1610 | Tolletaten | 1 574 719 | 1 578 247 | 1 617 800 | 2,5 |
1618 | Skatteetaten | 6 462 397 | 6 739 605 | 6 947 400 | 3,1 |
Sum kategori 23.20 | 8 037 116 | 8 317 852 | 8 565 200 | 3,0 | |
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | 852 229 | 826 689 | 866 400 | 4,8 |
Sum kategori 23.30 | 852 229 | 826 689 | 866 400 | 4,8 | |
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 24 825 480 | 25 810 000 | 26 780 000 | 3,8 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 6 216 763 | 6 288 633 | 6 600 000 | 5,0 |
Sum kategori 23.40 | 31 042 243 | 32 098 633 | 33 380 000 | 4,0 | |
Sum programområde 23 | 41 242 856 | 42 583 689 | 44 244 800 | 3,9 | |
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 8 871 082 | 8 915 415 | 10 532 900 | 18,1 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 50 959 276 | 76 515 000 | ||
Sum kategori 24.10 | 59 830 358 | 8 915 415 | 87 047 900 | 876,4 | |
Statlege fordringar, avsetningar m.m. | |||||
1670 | Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken | 134 630 | 10 000 | -100,0 | |
Sum kategori 24.20 | 134 630 | 10 000 | -100,0 | ||
Sum programområde 24 | 59 964 988 | 8 925 415 | 87 047 900 | 875,3 | |
Sum utgifter | 103 853 467 | 54 364 396 | 134 056 400 | 146,6 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
Regjeringa | |||||
3021 | Statsrådet | 212 | 100 | 100 | 0,0 |
3024 | Regjeringsadvokaten | 27 586 | 18 500 | 19 000 | 2,7 |
Sum kategori 00.30 | 27 798 | 18 600 | 19 100 | 2,7 | |
Stortinget og underliggjande institusjonar | |||||
3041 | Stortinget | 11 611 | 9 400 | 10 400 | 10,6 |
3051 | Riksrevisjonen | 2 915 | 2 500 | 2 300 | -8,0 |
Sum kategori 00.40 | 14 526 | 11 900 | 12 700 | 6,7 | |
Sum programområde 00 | 42 324 | 30 500 | 31 800 | 4,3 | |
Finansadministrasjon | |||||
4600 | Finansdepartementet | 16 963 | 399 | 400 | 0,3 |
4602 | Finanstilsynet | 12 709 | 11 579 | 12 500 | 8,0 |
4605 | Direktoratet for økonomistyring | 99 018 | 50 600 | 51 600 | 2,0 |
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | 362 043 | 389 200 | 418 400 | 7,5 |
Sum kategori 23.10 | 490 733 | 451 778 | 482 900 | 6,9 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
4610 | Tolletaten | 46 635 | 50 332 | 52 300 | 3,9 |
4618 | Skatteetaten | 2 247 396 | 2 271 201 | 2 244 300 | -1,2 |
Sum kategori 23.20 | 2 294 031 | 2 321 533 | 2 296 600 | -1,1 | |
Offisiell statistikk | |||||
4620 | Statistisk sentralbyrå | 259 039 | 270 946 | 281 100 | 3,7 |
Sum kategori 23.30 | 259 039 | 270 946 | 281 100 | 3,7 | |
Sum programområde 23 | 3 043 803 | 3 044 257 | 3 060 600 | 0,5 | |
Statlege fordringar, avsetningar m.m. | |||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | 8 000 457 | 500 | 8 000 500 | – |
5351 | Overføring frå Noregs Bank | 17 725 862 | 14 500 000 | 12 000 000 | -17,2 |
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | 1 854 646 | 2 230 500 | 3 545 900 | 59,0 |
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | 111 771 | 112 200 | 112 700 | 0,4 |
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | 720 | 600 | 600 | 0,0 |
Sum kategori 24.20 | 27 693 456 | 16 843 800 | 23 659 700 | 40,5 | |
Sum programområde 24 | 27 693 456 | 16 843 800 | 23 659 700 | 40,5 | |
Sum inntekter | 30 779 583 | 19 918 557 | 26 752 100 | 34,3 |
4.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2018 | Framlegg 2019 |
41 | 21 | Spesielle driftsutgifter | - | 8 000 |
1600 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 27 831 | 90 900 |
1608 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 1 558 | - |
1618 | 22 | Større IT-prosjekt | 95 602 | 472 800 |
1620 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 28 549 | 253 100 |
4.2 Talet på tilsette
I omtala av kvar verksemd under Finansdepartementet er det gjeve tal for tilsette, målt i årsverk. Alle tal er henta frå verksemdene sine årsrapportar. I noko utstrekning er det skilnader mellom reknemetodane som er brukte for dette, og ein kan difor ikkje jamstille tala direkte. Difor vil det òg vere avvik mellom tala frå verksemdene og dei berekningar Statistisk sentralbyrå gjer av årsverk i offentleg sektor.