Del 3
Omtale av særlege tema
5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning
Innleiing
Regjeringa har høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet og satsar målretta på forsking og høgare utdanning. Det viktigaste verktøyet for å sørge for langsiktige og føreseielege satsingar på området er langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.
Det er viktig å sørge for samsvar mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrekt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgare utdanning, jf. Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020).
Oppfølging av Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2019–2028
Hausten 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tre overordna mål:
styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
møte store samfunnsutfordringar
utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet
Planen inneheld også fem langsiktige prioriteringar:
hav
klima, miljø og miljøvennleg energi
fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester
mogleggjerande og industrielle teknologiar
samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd
Regjeringa vil prioritere å rette ressursinnsatsen mot dei tre overordna måla og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen. Innanfor ramma av mål og prioriteringar vil regjeringa særleg prioritere å trappe opp innsatsen på tre viktige område i perioden 2019–22:
800 mill. kroner for å løfte kompetanse, utdanning i og forsking på teknologi, med særskilt vekt på IKT
450 mill. kroner for å legge til rette for auka FoU for omstilling og fornying i næringslivet
250 mill. kroner for å bidra til høg kvalitet i norsk høgare utdanning
Desse tre opptrappingsplanane støttar opp under grunnleggande innsatsfaktorar for å lykkast med det grøne skiftet, auke verdiskapinga og omstille næringslivet og offentleg sektor. I 2019 blei opptrappingsplanane følgt opp med 476 mill. kroner.
Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 585 mill. kroner i 2020 for å følge opp dei overordna måla og dei langsiktige prioriteringane i den reviderte langtidsplanen. Av dette er 315 mill. kroner knytte til dei tre opptrappingsplanane, jamfør figur 5.1. Nokre av dei nye tiltaka er finansierte gjennom omdisponeringar innanfor løyvingane. Satsingane er omtala under.
Opptrappingsplanane
Teknologiløft
I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvingane til opptrappingsplanen for teknologi med totalt 198 mill. kroner fordelte på ei rekke satsingar.
Hav
Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 10 mill. kroner til styrking av havovervåkingsinfrastruktur ved Havforskingsinstituttet over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Infrastrukturen skal nyttast til kartlegging av algeoppblomstring med meir.
Vidare foreslår regjeringa å prioritere 10 mill. kroner til utvikling av intelligente transportsystem for maritim sektor over budsjettet til Samferdselsdepartementet.
Klima, miljø og miljøvennleg energi
I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvingane med 20 mill. kroner til å utvikle betre samferdselsteknologi over budsjettet til Samferdselsdepartementet.
Vidare foreslår regjeringa å auke løyvingane med 35 mill. kroner til forsking for omstilling til lavutsleppsamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellukka klimatilpassing over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.
Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester
Regjeringa foreslår til saman 131 mill. kroner til investeringar i grunnleggande infrastruktur som er naudsynt for å realisere ei nasjonal helseanalyseplattform over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.
Mogleggjerande og industrielle teknologiar
I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvinga til grunnleggande forsking innan IKT med 43 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.
Det er behov for auka kompetanse og omstilling innanfor teknologi og berekraftig utvikling. Regjeringa foreslår derfor 70 nye studieplassar til universitet og høgskular som kan auke utdanningskapasiteten innanfor desse områda.
Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd
Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 12,5 mill. kroner til forsking på IKT-tryggleik og effektar av teknologiutvikling over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.
FoU for fornying og omstilling i næringslivet
Netto auke til FoU for fornying og omstilling i næringslivet er på 62 mill. kroner. Innanfor denne opptrappingsplanen foreslår regjeringa følgande tiltak:
Klima, miljø og miljøvennleg energi
Regjeringa foreslår å prioritere 15 mill. kroner til forsking på klimatilpassa og lønnsam matproduksjon over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Tiltaket er også relevant for den langsiktige prioriteringa Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd.
Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til forskingsprosjekt for næringslivet med 10 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa foreslår vidare å auke basisløyvinga til dei teknisk-industrielle institutta med 20 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.
Regjeringa foreslår å løyve til saman 20 mill. kroner til tiltak som følger opp denne opptrappingsplanen over Kunnskapsdepartementets budsjett. Av dette er 9,5 mill. kroner eittårige midlar til Diku til utvikling av studietilbod i samarbeid med næringslivet. 5,7 mill. kroner skal gå til å vidareutvikle ordninga STUD-ENT i Noregs forskingsråd og 4,8 mill. kroner skal gå til førsteårseffekten av 22 nærings-ph.d.-stillingar.
Kvalitet i høgare utdanning
I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvingane til Dikus kvalitetsprogram med totalt 55 mill. kroner. 15 mill. kroner av desse midlane skal gå til tiltak for å auke internasjonal studentmobilitet. 20 mill. kroner av midlane skal gå til tiltak for å auke arbeidslivsrelevans, inkludert praksis. Dei resterande 20 mill. kronene skal gå til å styrke praksis i kommunesektoren for helse- og sosialfagsstudentar.
Måla og dei langsiktige prioriteringane
Opptrappingsplanane er i stor grad knytte til måla og dei langsiktige prioriteringane i planen, finansierte over budsjetta til ei rekke departement. Forslaga til satsingar for å følge opp dei langsiktige prioriteringane utanom opptrappingsplanane er omtala under.
Fagmiljø av framifrå kvalitet
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til ordningar i Noregs forskingsråd for forskartalent for fagmiljø av framifrå kvalitet med 30 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. Regjeringa foreslår vidare å auke løyvinga til Kavliinstituttet for nevrovitskap med 12 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. Kavliinstituttet er eit av få norske forskingsmiljø i verdsklasse.
Klima, miljø og miljøvennleg energi
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til polarforsking med 15 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvingane til forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis med 5 mill. kroner over Klima- og miljødepartementets budsjett.
Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester
Over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, foreslår regjeringa å auke løyvingane til forsking på effektar av tiltak og tenester retta mot barn med 5 mill. kroner. Vidare foreslår regjeringa 4,1 mill. kroner til FoU-effektar av tiltak og tenester i familievernet, 1 mill. kroner til krisesenterforsking og 1 mill. kroner til forsking på samlivstiltak.
Regjeringa foreslår vidare å løyve midlar til 75 nye studieplassar innanfor helse- og sosialfag, med særleg vekt på sjukepleiarutdanning, over Kunnskapsdepartementets budsjett.
Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forskingsprogramma Europa i endring med 5 mill. kroner, og Asia i endring med 25 mill. kroner over Utanriksdepartementets budsjett.
Bygg
I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er eit eige kapittel via til plan for utvikling, forvaltning og prioritering av universitets- og høgskulebygg. Bygg, utstyr og annan infrastruktur er grunnleggande innsatsfaktorar for å nå dei overordna måla for forskings- og høgare utdanningspolitikken. Fleire viktige byggeprosjekt i UH-sektoren er undervegs. I 2020 foreslår regjeringa å bruke 2,4 mrd. kroner på ordinære byggeprosjekt finansierte over statsbudsjettet, mellom anna vidareføring av Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo og startløyving til Vikingtidsmuseet. Regjeringa foreslår òg å løyve midlar til forprosjektering av ny campus for NTNU og Ocean Space Centre i Trondheim. I tillegg kjem ei rekke brukarfinansierte prosjekt ved institusjonane.
Kompetansemiljø for utnytting av stordata
For å nå måla i langtidsplanen er det viktig med tilgang til nok reknekraft. For å sikre tilgang til superdatamaskinar i Europa gjekk Noreg frå og med 1. januar 2019 inn i eit europeisk samarbeid for å bygge superdatamaskinar og kompetansemiljø rundt dei. Våren 2019 søkte Noreg, ved UNINETT Sigma2, saman med sju andre europeiske land Europakommisjonen om pengar til å bygge ein av dei kraftigaste superdatamaskinane i verda. I juni blei det klart at det norskstøtta prosjektet blir ein av tre superdatamaskinar som skal byggast for å sikre at Europa er blant verdsleiarane innanfor bruk av kraftig og avansert datateknologi. Prosjektet er tildelt 1 mrd. kroner frå EU.
Det er viktig at kompetansen hos aktuelle brukarar av dei nye superdatamaskinane blir styrkt. For å bidra til dette arbeidet får UNINETT Sigma2 eit tilskot frå Noregs forskingsråd på 10 mill. kroner over to år. Sjå også omtale i budsjettproposisjonen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 541, post 50.
Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd spelar ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Rådet har ei omfattande verksemd når det gjeld finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.
Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutt-tildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2020.
Tabell 5.1 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane
Kap. post | Departement | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
---|---|---|---|
285.52–54 | Kunnskapsdepartementet | 4 085 531 | 4 030 368 |
285.55 | Kunnskapsdepartementet | 792 543 | 783 617 |
920.50 | Nærings- og fiskeridepartementet | 2 223 200 | 2 089 400 |
1830.50 | Olje- og energidepartementet | 800 500 | 765 000 |
1137.50/51 | Landbruks- og matdepartementet | 429 914 | 429 576 |
780.50 | Helse- og omsorgsdepartementet | 338 212 | 252 167 |
1410.51 | Klima- og miljødepartementet | 293 105 | 334 753 |
1301.50 | Samferdselsdepartementet | 179 000 | 144 900 |
601.50 | Arbeids- og sosialdepartementet | 166 730 | 171 205 |
Totalt | 9 305 735 | 9 000 986 |
FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen
Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2020
Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2020 følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.
Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2019 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2020 er på om lag 38,9 mrd. kroner. Dette utgjer 1,03 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2020. Dette er ein nominell auke på om lag 850 mill. kroner frå saldert budsjett 2019. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 43,2 mrd. kroner i 2020. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1,14 pst. av overslaget for BNP i 2020. Tabellen nedanfor viser løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement, og den delen av departementas totale budsjett som er foreslått løyvd til forsking. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Tala er usikre, og NIFU vil legge fram endelege tal for FoU-løyvingane sommaren 2020.
Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet. I mill. kroner
Departement | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Nominell endring 2019–20 | Reell endring 2019–20 | Prosentandel av totalt budsjett |
---|---|---|---|---|---|
Arbeids- og sosialdepartementet | 327 | 366 | 39 | 29 | 0,8 |
Barne- og familiedepartementet | 175 | 189 | 14 | 9 | 0,6 |
Finansdepartementet | 154 | 128 | -26 | -31 | 0,2 |
Forsvarsdepartementet | 1 260 | 1 296 | 36 | -3 | 2,1 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 5 081 | 5 351 | 270 | 113 | 2,9 |
Justis- og beredskapsdepartementet | 122 | 136 | 14 | 10 | 0,3 |
Klima- og miljødepartementet | 1 066 | 1 129 | 63 | 30 | 7,3 |
Kommunal- og moderniseringsdepartementet | 1 119 | 1 373 | 254 | 219 | 0,7 |
Kulturdepartementet | 241 | 251 | 10 | 3 | 1,3 |
Kunnskapsdepartementet | 19 941 | 20 224 | 283 | -333 | 26,4 |
Landbruks- og matdepartementet | 830 | 863 | 33 | 7 | 4,2 |
Nærings- og fiskeridepartementet | 4 101 | 4 016 | -85 | -212 | 31,9 |
Olje- og energidepartementet | 965 | 910 | -55 | -85 | 2,9 |
Samferdselsdepartementet | 391 | 374 | -17 | -29 | 0,5 |
Statsbankane | 576 | 574 | -2 | -20 | 3,3 |
Utanriksdepartementet | 1 677 | 1 692 | 15 | -37 | 3,5 |
Totalt | 38 026 | 38 872 | 846 | -329 | 4,05 |
Inkludert i realnedgangen på 329 mill. kroner er eit eittårig kutt på 400 mill. kroner i Kunnskapsdepartementets løyvingar til Noregs forskingsråd. Kuttet skal redusere kapitalbehaldninga i Forskingsrådet og skal ikkje føre til redusert forskingsaktivitet.
Nedgangen i løyvingane på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet kjem av flytting av løyvingar til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Auken i løyvingane på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet skriv seg i hovudsak frå auka løyvingar til helseføretaka.
Auken i løyvingane på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg frå flytting av løyvingar frå Nærings- og fiskeridepartementet og Samferdselsdepartementet, og frå vekst i løyvingane til bygg i universitets- og høgskulesektoren.
Nedgangen i løyvingane på budsjettet til Olje- og energidepartementet skriv seg frå reduserte løyvingar til petroleums- og energiforskingsprogramma i Noregs forskingsråd.
Utvikling i dei offentlege løyvingane til FoU i statsbudsjettet
Målet i langtidsplanen om å auke offentlege løyvingar til 1 pst. av BNP blei nådd allereie i 2016. I Granavolden-plattforma stadfestar regjeringa at ho vil auke den offentlege forskingsinnsatsen ut over 1 pst. av BNP i ei omstillingsfase, og særleg prioritere mogleggjerande teknologiar og forsking som bidreg til auka verdiskaping.
Tabell 5.3 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet for perioden 2006–20
År | Totalt, løpande prisar | Vekst, mill. kroner | Prosentvis vekst, løpande prisar | Prosentvis vekst, faste prisar | Prosentdel av totalt statsbudsjett | Prosentdel av BNP | Prosentdel av BNP, inkl. Skattefunn |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2006 | 16 374 | 2 091 | 14,6 | 7,8 | 3,71 | 0,74 | 0,79 |
2007 | 18 091 | 1 717 | 10,5 | 2,5 | 3,86 | 0,77 | 0,81 |
2008 | 19 357 | 1 266 | 7,0 | 2,3 | 3,77 | 0,74 | 0,78 |
2009 | 21 204 | 1 847 | 9,5 | 4,6 | 3,71 | 0,87 | 0,92 |
2010 | 22 976 | 1 772 | 8,4 | 4,4 | 3,84 | 0,89 | 0,93 |
2011 | 23 551 | 575 | 2,5 | -1,7 | 3,72 | 0,84 | 0,89 |
2012 | 24 489 | 938 | 4,0 | 0,2 | 3,73 | 0,83 | 0,87 |
2013 | 26 375 | 1 886 | 7,7 | 4,3 | 3,79 | 0,86 | 0,91 |
2014 | 28 311 | 1 936 | 7,3 | 4,7 | 3,87 | 0,90 | 0,97 |
2015 | 30 769 | 2 458 | 8,7 | 5,9 | 3,93 | 0,99 | 1,08 |
2016 | 32 979 | 2 210 | 7,2 | 4,9 | 4,03 | 1,06 | 1,18 |
2017 | 35 848 | 2 869 | 8,7 | 6,7 | 4,26 | 1,09 | 1,21 |
2018 | 36 612 | 764 | 2,1 | -1,3 | 4,28 | 1,04 | 1,15 |
2019 | 38 026 | 1 414 | 3,9 | 0,9 | 4,23 | 1,06 | 1,17 |
2020 | 38 872 | 846 | 2,2 | -0,8 | 4,05 | 1,03 | 1,14 |
Figur 5.3 samanliknar tal frå FoU-statistikken og tal frå NIFUs statsbudsjettanalyse. Sidan statsbudsjettanalysen tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han bli produsert tidlegare enn FoU-statistikken. FoU-løyvingane i 2019 har NIFU talfesta til 38 mrd. kroner. Det er 1,06 pst. av prognosen for BNP for 2019. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, berekna til 4,1 mrd. kroner i 2019. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.3. Den heiltrekte linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP.
Dei samla FoU-investeringane i Noreg
Nivået på FoU-investeringar målte som prosentdel av BNP er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien. Regjeringas mål i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030. I 2016 utgjorde dei totale FoU-utgiftene for første gong over 2 pst. av BNP. Sjå figur 5.4.
Dei samla FoU-investeringane i Noreg har hatt tilnærma kontinuerleg vekst gjennom dei siste 50 åra. Som del av BNP har FoU-utgiftene lege relativt stabilt på rundt 1½ pst. sidan 1990-talet. I dei to siste åra har prosentdelen auka mykje. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2017 var på 69,2 mrd. kroner; dette inneber ein realauke på 7,2 pst. frå 2016 og ein gjennomsnittleg realauke per år på 3,3 pst. frå nivået i 2005. I høve til Fastlands-BNP var nivået på FoU-utgiftene i 2017 på 2,48 pst.
FoU-statistikken er basert på oppgåver frå dei FoU-utførande sektorane om faktisk utførte FoU i Noreg. Neste samla statistikkoppdatering kjem i oktober 2019.
6 Nøkkeltal for grunnopplæringa
Innleiing
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på elevar, lærlingar og lærarar og i ressursbruken i grunnopplæringa. Kommunane og fylkeskommunane er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskulen og vidaregåande opplæring. Grunnskulen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskuleopplæring var i 2018 på 86,1 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2018 på 38,8 mrd. kroner. Talet på elevar, lærlingar og lærarar er avgjerande for ressursbruken i skulen.
Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
Tabell 6.1 Talet på elevar i ordinære grunnskular, frå skuleåret 2012–13 til 2018–19
Skuleår | Barnetrinnet (1.–7. trinn) | Ungdomstrinnet (8.–10. trinn) | Totalt |
---|---|---|---|
2012–13 | 424 993 | 189 846 | 614 894 |
2013–14 | 425 917 | 189 368 | 615 327 |
2014–15 | 430 864 | 188 132 | 618 996 |
2015–16 | 438 387 | 185 368 | 623 755 |
2016–17 | 444 638 | 184 637 | 629 275 |
2017–18 | 447 355 | 185 674 | 633 029 |
2018–19 | 448 655 | 187 695 | 636 350 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Tabell 6.1 viser at talet på elevar i grunnskulen har auka kvart år dei siste åra. 98 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskulen våren 2018, var i vidaregåande opplæring 1. oktober same år. Av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2018, var det om lag like mange som begynte på eit yrkesfagleg program som på eit studieførebuande program.
Tabell 6.2 Fordeling på utdanningsprogram i vidaregåande skule, frå skuleåret 2012–13 til 2018–19
Skuleår | Elevar på studieførebuande program | Elevar på yrkesfag | Lærlingar, elevar i fagopplæring i skule og lærekandidatar | I alt |
---|---|---|---|---|
2012–13 | 114 026 | 76 489 | 38 433 | 228 948 |
2013–14 | 115 520 | 74 172 | 39 768 | 229 460 |
2014–15 | 117 129 | 72 344 | 40 982 | 230 455 |
2015–16 | 118 013 | 72 026 | 42 021 | 232 060 |
2016–17 | 121 409 | 69 644 | 42 777 | 233 830 |
2017–18 | 123 095 | 66 562 | 44 637 | 234 294 |
2018–19 | 121 390 | 67 092 | 46 316 | 234 798 |
Kjelde: Skuleporten (Utdanningsdirektoratet)
Det har vore ein jamn auke i talet på elevar, lærlingar og lærekandidatar totalt i vidaregåande opplæring. Det har vore ein liten auke i talet på elevar på yrkesfag det siste skuleåret, parallelt med ein nedgang i elevtalet på studieførebuande program.
Per 1. oktober 2018 var det registrert 43 322 lærlingar og 1 865 lærekandidatar. Dette er om lag 1 850 fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2017, medan det er om lag 90 færre lærekandidatar. Hausten 2018 søkte totalt 29 240 elevar om læreplass. Det er om lag 350 fleire enn året før. Det er flest søkarar til læreplassar i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, teknikk og industriell produksjon, og elektrofag.
Lærarårsverk
Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte timar per skuleår. I 2018–19 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen 60 372, noko som er ein auke på litt over 1 000 årsverk frå året før.
Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen, frå skuleåret 2012–13 til 2018–19
Skuleår | Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk | Av dette andre oppgåver | Assistentårsverk |
---|---|---|---|
2012–13 | 57 458 | 6 965 | 8 141 |
2013–14 | 57 614 | 6 979 | 8 234 |
2014–15 | 57 331 | 6 518 | 8 167 |
2015–16 | 57 612 | 6 407 | 8 417 |
2016–17 | 58 421 | 6 480 | 8 868 |
2017–18 | 59 357 | 6 459 | 9 389 |
2018–19 | 60 372 | 6 430 | 9 849 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2012–13 til 2018–19
Skuleår | Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk i fylkeskommunale skular |
---|---|
2012–13 | 22 903 |
2013–14 | 22 848 |
2014–15 | 22 830 |
2015–16 | 23 403 |
2016–17 | 23 461 |
2017–18 | 23 514 |
2018–19 | 23 462 |
Kjelde: KOSTRA (SSB)
Gruppestorleik
Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timane lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik bør sjåast som ein indikasjon, og ikkje som eit absolutt mål, ettersom tala er usikre.
Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskular unnateke spesialskular og utanlandsskular). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.
Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilde av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje får særskilde individretta styrkingstiltak.
Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik på 1.–10. trinn, frå skuleåret 2012–13 til 2018–19
Skuleår | Gruppestorleik 1 (1.–10. trinn) | Gruppestorleik 2 (1.–10. trinn) |
---|---|---|
2012–13 | 13,5 | 16,9 |
2013–14 | 13,5 | 16,8 |
2014–15 | 13,5 | 16,8 |
2015–16 | 13,5 | 16,8 |
2016–17 | 13,5 | 16,8 |
2017–18 | 13,3 | 16,6 |
2018–19 | 13,1 | 16,3 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Hausten 2018 blei det innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn. Skuleåret 2018–19 skulle gruppestorleik 2 maksimalt vere 16 på 1.–4. trinn, og 21 på 5.–7. og 8.–10. trinn.
Figur 6.1 viser utviklinga i gruppestorleik 2, som har vore relativt stabil i dei siste åra. I skuleåret 2018–19 gjekk gruppestorleiken ned på alle hovudtrinna samanlikna med året før. Gruppestorleiken var 14,7 på 1.–4. trinn, 16,6 på 5.–7. trinn og 18,2 på 8.–10. trinn. Det vil seie at lærarnorma i gjennomsnitt var oppfylt på alle hovudtrinn skuleåret 2018–19.
Frå hausten 2019 skal gruppestorleik 2 maksimalt vere 15 på 1.–4. trinn og 20 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
For vidaregåande skule er det vanskeleg å lage eit godt mål på forholdstalet mellom lærarar og elevar. Det finst ikkje eit godt nok talgrunnlag for å skilje mellom lærarar og elevar på ulike studieretningar, og dette er ein faktor som har stor betyding for gruppestorleiken i vidaregåande skule.
Skulestruktur
I skuleåret 2018–19 var det 2 830 grunnskular i Noreg. Dette er ein nedgang på 18 skular frå skuleåret 2017–18. Av dei 2 830 skulane var 252 godkjende private grunnskular. 4,0 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på ein privat grunnskule i skuleåret 2018–19.
Når det gjeld storleiken på grunnskulane i Noreg, varierer denne frå nokre få elevar til i overkant av 800 elevar på dei største skulane. Figuren nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skular. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skular og færre små skular.
6,2 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på skular med færre enn 100 elevar, 34,6 pst. gjekk på skular som har mellom 100 og 299 elevar, og 59,2 pst. gjekk på skular med 300 eller fleire elevar i 2018. Sidan skuleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skular (fleire enn 300 elevar).
Tidlegare kartleggingar av skulenedleggingar har vist at den viktigaste årsaka til at skular blei lagde ned, var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei oppgitt som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.
Hausten 2018 var det 415 vidaregåande skular i landet. Av desse var 95 private. Talet på vidaregåande skular har falle noko i dei siste åra.
Skuleresultat
I desember 2018 publiserte Utdanningsdirektoratet skulebidragsindikatorar for vidaregåande skule. Tilsvarande tal for grunnskulen blei publisert i juni 2019. Kvar elev har med seg mange føresetnader som påverkar skuleresultata. Skulebidragsindikatorane set seg som mål å seie kor mykje skulen bidreg med av elevane sine resultat.
På vidaregåande skule viser indikatorane at det er tydelege forskjellar mellom skulane når det gjeld kor mykje dei bidreg med, særleg når det gjeld å få elevane til å bestå. Analysen viser at omtrent ein av tre skular har bidrag som er forskjellige frå landsgjennomsnittet. Eit anna funn er at det er større forskjellar mellom fylka på yrkesfag enn på studieførebuande program.
I grunnskulen er det noko variasjon i skulebidraget på kommune- og skulenivå, men dei fleste har likevel skulebidrag som ikkje er signifikant forskjellige frå landsgjennomsnittet. På 5.–7. trinn presterer i snitt elevane på seks av ti skular ikkje forskjellig frå landsgjennomsnittet, medan to av ti skular har elevar som presterer betre. På 8.–10. trinn presterer i snitt elevane på sju av ti skular ikkje forskjellig frå landsgjennomsnittet, medan elevane på to av ti skular presterer betre. Det er ikkje nødvendigvis samanheng mellom skulebidraga på tvers av trinna. Ein skule eller kommune kan gjere det godt på barneskuletrinna, og mindre godt på ungdomsskulen.
Skulebidragsindikatorane er eit viktig supplement til eksisterande informasjon om kvalitetsforskjellar mellom fylke og skular. Dei gir ein indikasjon på kor mykje den einskilde skulen bidreg med. Det er ikkje sikkert at indikatorane gir heile bildet.
Elevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2019, fekk i gjennomsnitt 3,5 på eksamen i norsk hovudmål og 3,1 på eksamen i norsk sidemål, ein liten nedgang frå høvesvis 3,6 og 3,4 i 2018. Eksamenskarakterane for engelsk og matematikk er 3,7 og 3,6, det same som i 2018. Ettersom oppgåvene er ulike frå år til år, er det normalt med noko variasjon i karaktergjennomsnitt og karakterfordeling.
Jentene får i gjennomsnitt høgare karakterar enn gutane til eksamen; forskjellen er størst i norsk og minst i matematikk. Jentene får i snitt også høgare standpunktkarakterar enn gutane i dei fleste fag. Forskjellen er størst mellom jenter og gutar i faga norsk hovudmål, norsk sidemål, kunst og handverk og mat og helse, og i valfaga design og redesign og produksjon av varer og tenester. Jentene får 0,7 karakterpoeng meir enn gutane i desse faga. Det er minst forskjell, berre 0,1 karakterpoeng, mellom gutar og jenter i kroppsøving og valfaget fysisk aktivitet og helse.
Delen elevar utan grunnskulepoeng og delen utan vurdering til standpunkt i ulike fag er stabil. I 2018–19 er det rundt 3 300 av om lag 62 000 elevar på 10. trinn som manglar karakter i meir enn halvparten av faga, og som derfor ikkje får utrekna grunnskulepoeng. Dette utgjer 5,3 pst. av elevane, same del som i fjor. Årsakene til at elevar ikkje får karakterar er samansette. Det kan til dømes vere elevar som er fritekne frå vurdering som har spesielle utfordringar, individuell opplæringsplan og derfor rett til fritak frå vurdering, manglar vurderingsgrunnlag på grunn av sjukdom eller anna fråvær, nett har kome til landet eller ikkje har delteke i ordinær undervisning i alle fag. For meir informasjon om grunnskulepoeng for elevar med innvandrarbakgrunn, sjå kap. 11 Mål for integrering.
Bruk av ufaglært undervisningspersonale
Kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen tilseier at ein må ha lærarutdanning eller anna godkjend utdanning for å bli fast tilsett. 4,5 pst. av årsverka til undervisning oppfylte ikkje kompetansekrava for tilsetjing i 2018–19. Desse kan vere mellombels tilsette eller tilsette under føresetnad av at utdanning den tilsette har begynt på, blir fullført. Figur 6.3 viser utviklinga i delen av berekna årsverk til undervisning i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Talet har auka noko dei siste åra, men det er store forskjellar mellom både skular, kommunar og fylke. Noko av auken kan skyldast meir vikarbruk som følge av den statlege satsinga på vidareutdanning av lærarar.
I 2018 hadde 5 pst. av lærarane i vidaregåande opplæring ei vidaregåande utdanning eller lågare, 6 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på lågare nivå, men utan pedagogisk utdanning. 5 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på høgare nivå, utan pedagogisk utdanning.
I 2025 skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk på 1.–7. trinn, ha minst 30 studiepoeng i undervisningsfaget. I skuleåret 2018–19 er det framleis mange lærarar som ikkje oppfyller dette kompetansekravet, særleg i engelsk. I alle dei tre faga har det vore ein liten nedgang i delen av lærarar som ikkje oppfyller krava frå førre skuleår. På 8.–10. trinn skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk, ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget i 2025.
Framtidig behov for lærarar
Berekningar som er gjorde av SSB gjennom modellen Lærermod, viser forventa behov for lærarar framover. Modellen framskriv ein arbeidsmarknad for lærarar med store ubalansar i framtida.
I 2040 er det berekna eit underskot på rundt 6 700 grunnskulelærarar på heile arbeidsmarknaden. Samtidig vil det vere eit stort overskot av dei andre lærartypane i modellen, nesten 9 000 lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning innanfor allmennfag (PPU) og rundt 21 000 faglærarar og såkalla «andre lærarar».
Etter dagens regelverk kan faglærarar og lærarar med PPU berre arbeide i grunnskulen frå og med 5. trinn. For grunnskulen over 5. trinn kan dermed underskotet av grunnskulelærarar sannsynlegvis dekkast inn av overskotet av faglærarar og PPU-lærarar. Gitt underskot på grunnskulelærarar, men overskot av andre lærarar, er det usikkert korleis arbeidsmarknaden for lærarar vil sjå ut i dei neste åra. Befolkningsframskrivingane i modellen er også usikre.
Kommunal ressursbruk
Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skulelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen var 121 243 kroner i 2018, i løpande priser. Dette er ein auke på 4,4 pst. frå 2017. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 137 090 kroner, og på yrkesfaglege program 168 119 kroner. Den kommunale pris- og lønnsauken (deflatoren) var i 2017 på 2,4 pst. Det vil seie at det i snitt har vore ein liten realauke i utgifter per elev i grunnskulen.
I kommunesektoren var brutto driftsutgifter til grunnskule på 18,9 pst. av totale brutto driftsutgifter i 2018. Delen av utgifter til grunnskule har gått noko ned i dei siste ti åra. Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skulen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skular for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. Mykje av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skule, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skule. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.
Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal frå OECD (Education at a Glance 2018: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, har Noreg blant dei høgaste utgiftene til grunnskulen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa. Det er særleg det høge talet på lærarar per elev som forklarer den høge ressursbruken i Noreg.
Spesialundervisning
Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskular og spesialskular har i dei siste 10 åra stabilisert seg på om lag 8 pst. I skuleåret 2018–19 låg den delen som fekk spesialundervisning, på 7,8 pst. av alle elevar i grunnskulen mot 7,9 pst. året før. 68 pst. av alle elevar som får spesialundervisning, er gutar.
I løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning, som figuren under viser. I skuleåret 2018–19 hadde 3,7 pst. av elevane på 1. trinn einskildvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 10,6 pst. 48 077 elevar fekk spesialundervisning med undervisningspersonale i skuleåret 2018–19. Dette utgjer 97 pst. av alle elevane som har einskildvedtak om spesialundervisning.
Språklege minoritetar
I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskulen som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skulen. I skuleåret 2018–19 fekk 42 633 elevar særskild norskopplæring, noko som er 2 268 færre enn året før. Dette utgjer 6,7 pst. av elevane. Elevane har òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. I skuleåret 2018–19 var det 1 963 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 7 843 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 1 082 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka.
Vaksne i grunnopplæringa
Vaksne som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønsker det, jf. opplæringslova § 4A-1. Talet på vaksne som får opplæring på grunnskulenivå, aukar. I skuleåret 2018–19 var det 13 597 vaksne som fekk grunnskuleopplæring. Det er ein auke på 451 i høve til året før. Av dei som fekk slik opplæring, var det 10 260 som fekk ordinær grunnskuleopplæring. 3 337 fekk opplæring som spesialundervisning. Dette er 168 færre enn i 2017. Det har vore ein jamn nedgang i talet på vaksne som får spesialundervisning i dei siste åra.
Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den einskilde. Vaksne som ønsker å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søke om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkarane med ungdomsrett, eller dei kan søke om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søke vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skulane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.
Samla deltok 27 913 vaksne i vidaregåande opplæring i 2018. Dette er litt fleire enn året før.
Skulefritidsordninga
Kommunar må ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. trinn, og for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn. I skuleåret 2018–19 gjekk 158 318 barn i skulefritidsordninga (SFO). 1 748 av desse var elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på 61 pst., ein auke samanlikna med 55 pst. i 2002. Tabell 6.6 viser at deltaking i SFO varierer mykje mellom dei ulike klassetrinna, og er høgast blant dei yngste barna.
Kommunen kan krevje kostnadene til SFO dekte gjennom foreldrebetaling, og kommunen sjølv kan velje om han ønsker å dekke kostnader for heile eller delar av tilbodet. Dette bidreg til at det er stor variasjon i foreldrebetaling i SFO mellom kommunar. Nokre kommunar har valt å tilby inntektsgraderte satsar, friplassar og søskenmoderasjon i SFO. Av desse er søskenmoderasjon mest vanleg.
Tabell 6.6 Deltaking og foreldrebetaling i skulefritidsordninga (SFO)
Skuleår | 2012–13 | 2013–14 | 2014–15 | 2015–16 | 2016–17 | 2017–18 | 2018–19 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Tal på barn i SFO | 154 707 | 157 370 | 158 139 | 159 633 | 160 994 | 160 571 | 158 318 |
Del av barna i SFO med fulltidsplass (20 timar) (pst.) | 57 | 57 | 57 | 57 | 56 | 57 | 56 |
Dekningsgrad 1.–4. trinn (pst.) | 63 | 63 | 63 | 62 | 62 | 62 | 61 |
Dekningsgrad 1. trinn (pst.) | 80 | 80 | 80 | 80 | 81 | 82 | 82 |
Dekningsgrad 2. trinn (pst.) | 75 | 76 | 75 | 75 | 74 | 76 | 76 |
Dekningsgrad 3. trinn (pst.) | 62 | 62 | 61 | 60 | 59 | 58 | 59 |
Dekningsgrad 4. trinn (pst.) | 34 | 35 | 34 | 33 | 32 | 31 | 30 |
Gjennomsnittleg månadleg foreldrebetaling for ein elev med fulltidsplass i SFO (i nominelle kroner) | 2 135 | 2 191 | 2 256 | 2 335 | 2 408 | 2 420 | 2 470 |
Del av SFO-ar som tilbyr inntektsgraderte satsar (pst.) | 15 | 14 | 14 | 14 | 20 | 19 | 25 |
Del av SFO-ar som tilbyr friplassar (pst.) | 17 | 18 | 16 | 15 | 17 | 22 | 26 |
Del av SFO-ar som tilbyr søskenmoderasjon (pst.) | 63 | 64 | 65 | 66 | 65 | 66 | 67 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Leksehjelp
Alle elevar i grunnskulen har rett til åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skuletid. Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle og vere frivillig for kvar einskild elev. I skuleåret 2018–19 deltok 113 531 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer 17,8 pst. av elevane, noko som er om lag det same som året før.
7 Nøkkeltal for barnehagesektoren
Innleiing
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på barn og tilsette og om ressursbruken i barnehagesektoren. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2018 var 52 mrd. kroner og utgjorde 12 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Talgrunnlaget i kapittelet er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering), Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.
Barn i barnehage
Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2013–18
2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tal på barn i barnehage | 287 177 | 286 414 | 283 608 | 282 649 | 281 622 | 278 578 |
Dekningsgrad 1–5 år (pst.) | 90,0 | 90,2 | 90,4 | 91,1 | 91,3 | 91,8 |
Dekningsgrad 0 år (pst.) | 3,2 | 3,6 | 3,7 | 4,0 | 3,9 | 4,0 |
Dekningsgrad 1 år (pst.) | 68,9 | 68,5 | 69,7 | 71,7 | 72,1 | 73,2 |
Dekningsgrad 2 år (pst.) | 90,6 | 91,3 | 91,6 | 92,3 | 92,9 | 93,2 |
Dekningsgrad 3 år (pst.) | 95,3 | 95,5 | 95,7 | 95,9 | 96,1 | 96,4 |
Dekningsgrad 4 år (pst.) | 96,9 | 97,0 | 96,9 | 97,2 | 97,3 | 97,3 |
Dekningsgrad 5 år (pst.) | 97,5 | 97,5 | 97,3 | 97,5 | 97,6 | 97,6 |
Gjennomsnittleg avtala opphaldstid per veke | 43,9 | 44,1 | 44,3 | 44,3 | 44,4 | 44,5 |
Del av barn med heiltidsplass (pst.) | 92,1 | 93,3 | 94,3 | 94,9 | 95,5 | 96,1 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet
Ved utgangen av 2018 gjekk 278 578 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette er ein nedgang i talet på barn i barnehage frå 2017 og skyldast ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. I tillegg hadde 117 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 4 300 barn i 2018. Barn under 3 år utgjorde 36 pst. av alle barn i barnehage.
I 2018 hadde 96,1 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 69,6 pst. i 2005, det vil seie avtala opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtala opphaldstid for barn i barnehage har i same periode auka frå 39 til 44,5 timar per veke. Dekningsgraden i 2018 for barn i alderen 1 til 5 år var 91,8 pst. mot 91,3 pst. i 2017. Tilsvarande tal for 2005 var 76,2 pst. Dekningsgraden har auka frå 2017 for dei yngste barna, og har vore stabil for dei eldre barna.
I 2018 gjekk om lag 50 500 minoritetsspråklege barn i barnehage. For meir statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå kap. 11 Mål for integrering.
Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2006–18
2006 | 2010 | 2014 | 2018 | |
---|---|---|---|---|
Offentlege | 127 252 | 147 180 | 147 726 | 139 910 |
– kommunale | 122 783 | 146 051 | 147 493 | 139 154 |
– fylkeskommunale/statlege | 4 469 | 1 129 | 233 | 756 |
Private | 107 696 | 129 959 | 138 688 | 138 668 |
– kyrkjelyd/trussamfunn | 8 267 | 7 723 | 7 579 | 6 847 |
– foreldreeigde | 35 749 | 33 083 | 30 930 | 30 286 |
– kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining | 1 388 | 1 151 | 714 | 904 |
– bedrift | 18 309 | 30 724 | 43 070 | 3 305 |
– pedagogisk/ideologisk org. | 4 324 | 8 048 | 7 826 | 4 337 |
– einskildpersonar | 20 103 | 18 183 | 15 120 | 9 027 |
– konsern/aksjeselskap | – | – | – | 72 249 |
– stiftelse | – | – | – | 8 984 |
– studentsamskipnad | – | – | 2 221 | 2 729 |
– andre | 19 556 | 31 047 | 31 228 | – |
I alt | 234 948 | 277 139 | 286 414 | 278 578 |
Barn som går i opne barnehagar, er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte i tabellen. I 2018 gjekk 50 barn i offentlege familiebarnehagar, og 3 814 barn gjekk i private familiebarnehagar. Rapporteringa blei noko endra for private barnehagar i løpet av perioden. Mellom anna er dette forklaringa på den store nedgangen i talet på bedriftsbarnehagar frå 2014 til 2018, og auken i talet på konsern/aksjeselskap og stiftelse i 2018. Kategorien «kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining» heitte før 2016 «husmorlag/sanitetsforeining».
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Private barnehagar har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. I 2018 var det ein nedgang på 1 841 barn med plassar i offentlege barnehagar frå 2017, og ein nedgang på 1 203 plassar i private barnehagar. I 2018 hadde halvparten av barna plass i ein offentleg barnehage og halvparten i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2018 var det 5 788 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 695 kommunale, 14 statlege og 3 079 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2017 til 2018 har det vore ein reduksjon på 61 private og 27 kommunale barnehagar.
Talet på barn i store barnehagar, definerte som 76 barn eller fleire, har auka med om lag 1 500 frå 2015 til 2018, medan talet har gått ned for barnehagar med 1–25 barn og 51–75 barn i same tidsrom. Talet på barn i barnehager med 26–50 barn har vore relativt stabilt i perioden. I 2018 gjekk 36 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire. Dette er den same delen som i 2017.
Personalet i barnehagen
Ved utgangen av 2018 var det om lag 96 000 tilsette som utførte i overkant av 77 100 årsverk i barnehagane. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette som jobbar deltid i den einskilde barnehage.
Det var 64 134 årsverk i grunnbemanninga i barnehagen i 2018, som vil seie at ein jobbar direkte med barna. Om lag 40 pst. av årsverka i grunnbemanninga har barnehagelærarutdanning, medan om lag 20 pst. av årsverka i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Om lag 1 300 tilsette eller 400 årsverk arbeider med å gi særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn. Om lag 7 700 tilsette, nesten 4 600 årsverk, arbeider med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats.
Tabell 7.3 Personalet i barnehagen, 2014–18
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|
Tal på tilsette | 93 814 | 93 974 | 93 952 | 94 540 | 95 819 |
Tal på årsverk | 74 998 | 74 647 | 75 031 | 75 534 | 77 101 |
Årsverk i grunnbemanninga | 62 330 | 62 442 | 62 614 | 62 706 | 64 134 |
Styrarar (årsverk) | 5 044 | 4 846 | 4 803 | 4 822 | 4 783 |
Årsverk i grunnbemanninga med barnehagelærarutdanning eller pedagogisk utdanning som tilsvarer utdanningskravet til pedagogisk leiar | – | – | 24 173 | 24 683 | 26 266 |
– i pst. av grunnbemanninga | – | – | 38,6 | 39,4 | 41,0 |
Årsverk i grunnbemanninga med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar | – | – | 12 735 | 12 496 | 12 897 |
– i pst. av grunnbemanninga | – | – | 20,3 | 19,9 | 20,3 |
Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes) | 1 367 (435) | 1 330 (384) | 1 299 (388) | 1 398 (405) | 1 347 (399) |
– del som har barnehagelærarutdanning | 22,3 | 28,8 | 23,4 | 23,5 | 22,8 |
Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes) | 6 358 (3 795) | 6 239 (3 676) | 6 728 (3 984) | 7 415 (4 358) | 7 698 (4 565) |
– del som har barnehagelærarutdanning | 35,0 | 35,3 | 30,1 | 29,7 | 28,3 |
Grunnbemanninga er dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Det er stillingskategoriane pedagogisk leiar og anna grunnbemanning som utgjer grunnbemanninga.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Den nye bemanningsnorma for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018. Norma inneber at barnehagen skal ha minst 1 tilsett per 3 barn under 3 år og 1 tilsett per 6 barn over 3 år. Frå same tidspunkt blir også pedagognorma i barnehagen skjerpa, slik at barnehagen skal ha minst 1 pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og 1 pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.
Per desember 2018 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 5,8 barn per vaksen, dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Ein vaksen er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar. Dette er ein betydeleg reduksjon i antal barn per vaksen, då talet har vore stabilt på 6,0 i dei foregående åra. Nærare 1 000 fleire barnehagar oppfyller bemanningsnorma i 2018 samanlikna med i 2017.
53 pst. av barnehagane oppfylte den skjerpa pedagognorma utan bruk av dispensasjon per desember 2018. Delen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet har auka sidan 2017, noko som truleg kjem av skjerpinga av pedagognorma. Totalt manglar det 4 179 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. Per desember 2018 oppfylte 40 pst. av barnehagane både bemanningsnorma og pedagognorma utan bruk av dispensasjon. 12 pst. av barnehagane oppfylte ingen av normene.
Tabell 7.4 Bemanningstettleik og pedagogtettleik, 2016–18
2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|
Tal på barn per årsverk i grunnbemanninga korrigerte for alder og opphaldstid (bemanningstettleik) | 6,0 | 6,0 | 5,8 |
Del av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma (bemanningstettleik på 6,0 eller lågare) | – | 56 pst. | 75 pst. |
Del av barnehagar som oppfyller den skjerpa pedagognorma utan dispensasjon1 | – | 24 pst. | 53 pst. |
Del av pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet | 5,7 pst. | 4,9 pst. | 10,2 pst. |
1 Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
Det har lenge vore stor skilnad mellom barnehagane i dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik) og den formelle kompetansen til personalet, jf. figur 7.2 og 7.3. Til dømes har dei 10 pst. barnehagane med flest barn per pedagogisk leiar med godkjend utdanning nær dobbelt så mange barn per pedagogisk leiar som dei 10 pst. med høgast pedagogtettleik. Det har likevel vore ein reduksjon i ulikskapen mellom barnehagar når det gjeld barn per årsverk i grunnbemanninga og barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning i perioden 2013–18.
Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagen i 2018 var 9,5 pst. menn, totalt om lag 6 800 personar. Grunnbemanninga omfattar dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Frå 2015 til 2018 har delen menn i grunnbemanninga hatt ein liten auke.
Tabell 7.5 Menn i barnehagane, 2014–18
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|
Del menn av tilsette i grunnbemanninga (i pst.) | 8,7 | 8,8 | 9,0 | 9,2 | 9,5 |
Del mannlege pedagogiske leiarar (i pst.) | 7,4 | 7,5 | 8,0 | 8,5 | 8,9 |
Del menn av tilsette i anna grunnbemanning (i pst.) | 9,4 | 9,6 | 9,6 | 9,7 | 9,9 |
Tidlegere år har anna grunnbemanning blitt omtala som assistentar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
I 2018 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 2 960 studentar, ein liten nedgang frå 3 000 i 2017. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar gjekk opp med 64 i same tidsrom. Delen menn i opptaket har vore stabil i dei siste åra. Samtidig har det vore ein auke i delen uteksaminerte menn i 2018 samanlikna med 2013. For meir statistikk om delen med innvandrarbakgrunn blant studentane i barnehagelærerutdanninga, sjå kap. 11 Mål for integrering.
Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskular og universitet, 2013–18
2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Opptak til barnehagelærarutdanning | 2 859 | 2 851 | 3 062 | 3 106 | 3 000 | 2 960 |
– del menn (i pst.) | 19,2 | 18,6 | 18,2 | 18,9 | 20,0 | 19,6 |
Uteksaminerte barnehagelærarar | 2 080 | 1 862 | 2 081 | 1 909 | 1 966 | 2 030 |
– del menn (i pst.) | 10,8 | 10,8 | 12,9 | 14,2 | 14,0 | 15,5 |
Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)
Moderasjonsordninger i barnehagen
Dei to moderasjonsordningane i barnehagen for familiar med låg inntekt blei innførte i 2015. Nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksprisen som ei øvre grense. Ordninga med gratis kjernetid gjer at barn frå familiar med inntekt under ei gitt grense har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen i veka. Denne ordninga gjaldt først for 4- og 5-åringar, men blei frå 2016 utvida til å gjelde 3-åringar. I 2019 har ordninga blitt ytterlegare utvida og gjeld no også for 2-åringar. Familiar med meir enn eitt barn i barnehage har også rett til søskenmoderasjon.
Frå 1. august 2019 har barn frå familiar med inntekt under 548 500 kroner rett til gratis kjernetid i barnehagen. Departementet anslår at rundt 33 800 barn hadde rett til gratis kjernetid i barnehage i 2018. Tal frå kommunanes rapporteringssystem viser at 26 027 barn fekk innvilga gratis kjernetid i barnehage i 2018. Det er 5 000 fleire barn enn i 2017.
I 2018 fekk totalt 41 918 barn lågare opphaldsbetaling grunna låg inntekt. Det er 6 200 fleire barn enn i 2017.
Dersom ein familie har meir enn ett barn i barnehage i same kommune, har familien rett til reduksjon i foreldrebetalingen (søskenmoderasjon). Denne ordninga gjeld uavhengig av inntekt. Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 pst., og for det tredje barnet og oppover er det 50 pst. reduksjon. I 2018 fekk 46 077 barn søskenmoderasjon. Det er 1 300 færre barn enn i 2017.
Tabell 7.7 Moderasjonsordningar i barnehagen, 2015–18
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|
Inntektsgrense gratis kjernetid | 405 000 | 428 000 | 450 000 | 533 500 |
Hushaldningar som har fått reduksjon i foreldrebetaling grunna låg inntekt | – | 25 881 | 28 902 | 33 459 |
Barn som har fått lågare opphaldsbetaling grunna låg inntekt | 24 624 | 33 272 | 35 735 | 41 918 |
Overslag over barn med rett til lågare opphaldsbetaling grunna låg inntekt | 50 000 | 50 000 | 50 000 | 50 000 |
Barn som har fått innvilga gratis kjernetid grunna låg inntekt | 9 470 | 18 225 | 20 978 | 26 027 |
Overslag over barn med rett til gratis kjernetid grunna låg inntekt | 16 500 | 25 000 | 27 000 | 33 800 |
Barn som får søskenmoderasjon | – | 44 732 | 47 418 | 46 077 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Kunnskapsdepartementet
Barn med særlege behov
Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Som vist i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen er barn med særlege behov ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar.
Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter tidlegare § 5-7 i opplæringslova eller § 19 a i barnehagelova, har auka jamt i dei siste åra. I 2018 fekk 3,2 pst. av barn i barnehage spesialpedagogisk hjelp. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen heng ofte saman med utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.
Tabell 7.8 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp, 2013–18
2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tal | 6 959 | 7 799 | 7 944 | 8 290 | 8 674 | 8 813 |
Del i pst. | 2,4 | 2,7 | 2,8 | 2,9 | 3,1 | 3,2 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Kostnader i og finansiering av barnehagar
Barnehagesektoren består av om lag halvparten kommunale og private barnehagar. Private barnehagar får driftstilskot per heiltidsplass berekna ut frå gjennomsnittlege ordinære driftsutgifter i tilsvarande kommunale barnehagar. Delen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil i dei seinare åra og var i 2018 på 52 mrd. kroner.
Tabell 7.9 Driftsutgifter til barnehage i kommunane, 2013–18
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|
Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner) | 46 019 622 | 48 008 | 49 865 | 52 309 |
Del av brutto driftsutgifter til barnehage (pst.) | 11,8 | 11,7 | 11,5 | 11,5 |
Korrigerte1 brutto driftsutgifter per barn i kommunal barnehage (kroner) | 181 763 | 191 792 | 200 833 | 215 212 |
Løpande nominelle prisar.
1 korrigert for alder og opphaldstid
Kjelde: KOSTRA (Statistisk sentralbyrå)
Det har vore ein auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunal barnehage på om lag 7 pst. frå 2017 til 2018, der den reelle auken har vore på om lag 4 pst. Større personaltettleik og fleire tilsette med relevant utdanning kan medverke til å forklare realveksten i utgifter. Figur 7.4 viser at det er spreiing mellom dei korrigerte brutto driftsutgiftane per barn i kommunale barnehagar.
Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 86,6 pst. av drifta av dei kommunale barnehagane var i 2018 finansierte av det offentlege. Dette har vore stabilt i dei siste åra.
Tabell 7.10 Finansiering av kommunale barnehagar, 2013–18
2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Del av driftsmidlar finansierte gjennom foreldrebetaling (i pst. av totale driftsmidlar) | 14,1 | 13,8 | 14,2 | 13,7 | 13,5 | 13,4 |
Del av driftsmidlar finansierte av det offentlege (i pst. av totale driftsmidlar) | 85,8 | 86,2 | 85,7 | 86,3 | 86,4 | 86,6 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
8 Likestilling og arbeid mot diskriminering
Kunnskapsdepartementets arbeid med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skulen og må ligge til grunn i universiteta og høgskulane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.
Likestilling
I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil styrke rekrutteringa av menn til barnehagane, og at ho vil fremje ein strategi for å bidra til ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Det er særleg relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med ein jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpa, jf. del I, kap. 3 og omtale av oppmodingsvedtak nr. 800, 7. juni 2016 frå stortingssesjonen 2015–16 om rekruttering av menn til barnehagane.
I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet varsla Kunnskapsdepartementet ei fornying av faga i grunnopplæringa. Forslag til nye læreplanar har vore ute på høyring våren 2019, og dei nye læreplanane skal gjelde frå hausten 2020, jf. nærare omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa. I det tverrfaglege temaet livsmeistring og folkehelse vil aktuelle tema vere verdival, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, å kunne setje grenser og respektere grensene til andre, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar.
Ekspertutvalet om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar – Stoltenberg-utvalet – leverte i februar 2019 rapporten NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp. Utvalet peikar på at det er tydelege kjønnsforskjellar på alle nivå i utdanningssystemet, og at det er gutane som kjem svakast ut, sjølv om kvinner framleis berre oppnår 86 pst. av den gjennomsnittlege månadslønna til menn. Utvalet meiner at det har oppstått ulike former for utanforskap for ei stor gruppe menn, og at dette har med utdanningsnivået å gjere. Utvalet meiner at kjønnsforskjellane i utdanningssystemet er eit samfunnsproblem som krev politikkutforming og tiltak. Forslaga vil bli følgde opp i meldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som blir lagd fram hausten 2019. Sjå også nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Søkarar til høgare utdanning kan få kjønnspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna. Fram til 2018 var det, med unntak for veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU, berre kvinner som kunne få kjønnspoeng. I 2018 blei forskrift om opptak til høgare utdanning endra, etter den ny likestillings- og diskrimineringslova, slik at det no kan søkast om å bruke kjønnspoeng for begge kjønn. Etter endringa kan institusjonane berre søke om å bruke kjønnspoeng i ein avgrensa periode, og dei må gjere greie for at andre tiltak for betre kjønnsbalanse ikkje har gitt resultat. I 2019 får menn kjønnspoeng ved veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU, sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskule og universitetet i Agder, barnevern ved OsloMet og i førstegongsvitnemålskvota på psykologi (profesjon) ved universiteta i Oslo og Bergen. Kvinner får kjønnspoeng ved bachelorstudium i fleire av ingeniørfaga, landbruksstudium ved Høgskolen i Innlandet, visse bachelorstudiar i maritime fag og visse femårige integrerte masterprogram i teknologi og ingeniørfag ved NTNU.
Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar
Rammeplanen for barnehagen seier mellom anna at barnehagen skal motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme. Barnehagen skal medverke til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald i familieformer og sørge for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen.
Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra) er eit kurstilbod som gir kompetanseutvikling for lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. 2 mill. kroner til vidareføring av forskingsbaserte, pedagogiske ressursar om gruppebaserte fordommar (Dembra LU). Desse læringsressursane skal brukast i lærarutdanningane, i etterutdanningane og til skulebasert kompetanseheving. Læringsressursane som blir utvikla, skal dekke områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar.
Dembra er eit varig tiltak som engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Dembra er hittil prøvd ut på 77 skular rundt om i landet. I løpet av få år vil det vere etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet. Sjå dembra.no for meir informasjon om tilbodet.
Departementet foreslår å auke løyvinga til Dembra med 1,8 mill. kroner til 10,3 mill. kroner i 2020.
1,3 mill. kroner for å introdusere Dembra på barnetrinnet.
7 mill. kroner til satsinga på Dembra for ungdomsskulen og vidaregåande skule, ein auke på 0,5 mill. kroner. Dette skyldast mellom anna at frå og med 2020 vil Narviksenteret gradvis bli innlemma i arbeidet med Dembra.
22. juli-senteret spelar òg ei viktig rolle i arbeidet mot hat, vald og ekstremisme. Senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 og om oppfølginga i tida etter. Gjennom undervisning som legg vekt på elevmedverknad, skal 22. juli-senteret bidra til å styrke demokratiforståinga til elevane, og bidra til kunnskap om årsaker til og konsekvensar av 22. juli 2011. Senteret er òg medaktør i opplæringstilbodet Demokratilæring på Utøya i samarbeid med Utøya AS, Det Europeiske Wergelandsenteret og Raftostiftelsen.
Likestilling i Kunnskapsdepartementet
Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. For rapporteringa frå kvar einskild verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.
Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for større mangfald på arbeidsplassen. Det er personalpolitiske mål for Kunnskapsdepartementet å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Departementet skal arbeide systematisk med å gjennomføre inkluderingsdugnaden til regjeringa.
Kunnskapsdepartementet bruker ulike verktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. I tillegg arbeider departementet aktivt for at talet på nytilsette med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en skal auke. Personal- og leiarhandboka gjer greie for at minst éin av kandidatane frå kategoriane innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en skal kallast inn til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga. Departementet bruker positiv særbehandling og kan tilsetje kandidatar frå desse kategoriane på det vilkåret at dei er tilnærma like godt kvalifiserte som den best kvalifiserte søkaren. Desse rutinane aukar sjansane for at kandidatar med innvandrarbakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en blir tilsette. Svært få kandidatar kryssar av for nedsett funksjonsevne, og departementet har førebels ikkje tilsett nokon frå denne gruppa. Kunnskapsdepartementet deltek elles i traineeprogrammet i staten for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning.
Tabell 8.1 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse i Kunnskapsdepartementet
Kjønn | Kvinners lønn i pst. av menns | ||||
---|---|---|---|---|---|
År | Menn (pst.) | Kvinner (pst.) | Totalt (N) | ||
Toppleiing, ikkje omfatta av Hovudtariffavtalen i staten | |||||
Departementsråd, ekspedisjonssjef, kommunikasjonssjef | 2018 | 55,6 | 44,4 | 9 | 90,8 |
2017 | 66,7 | 33,3 | 9 | 93,2 | |
Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, totalt | 2018 | 33,7 | 66,3 | 326 | 91,6 |
2017 | 35,1 | 64,9 | 288 | 92,3 | |
Mellomleiarar | |||||
Avdelingsdirektør, direktør | 2018 | 57,5 | 42,5 | 40 | 101,9 |
2017 | 53,7 | 46,3 | 41 | 103,0 | |
Sakshandsaming | |||||
Fagdirektør, underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar | 2018 | 41,7 | 58,3 | 24 | 100,7 |
2017 | 44,4 | 55,6 | 18 | 94,1 | |
Seniorrådgivar | 2018 | 30,6 | 69,4 | 196 | 99,4 |
2017 | 32,9 | 67,1 | 173 | 97,5 | |
Rådgivar | 2018 | 37,8 | 62,2 | 45 | 101,1 |
2017 | 36,1 | 63,9 | 36 | 102,2 | |
Førstekonsulent | 2018 | 0,0 | 100,0 | 7 | – |
2017 | 20,0 | 80,0 | 5 | 102,5 | |
Administrativt personale | |||||
Seniorkonsulent | 2018 | 0,0 | 100,0 | 14 | – |
2017 | 0,0 | 100,0 | 15 | – |
Kjelde: Uttrekk frå SAP per 31. desember 2017 og per 31. desember 2018
Tabell 8.1 gir ei oversikt over kjønnsbalansen i Kunnskapsdepartementet totalt og for dei ulike stillingskategoriane i departementet. Det er ei overvekt av kvinner i departementet når ein ser alle stillingskategoriane under eitt. Per 31. desember 2018 var 65,7 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten auke samanlikna med 2017.
I stillingskategoriane rådgivar, fagdirektør mv. og avdelingsdirektør har kvinner i gjennomsnitt noko høgare lønn enn menn, medan det motsette er tilfellet for stillingskategoriane seniorrådgivar og i toppleiinga. Det er fleire menn i toppleiarstillingar. Etter omorganisering og endringar i 2018 har delen kvinner i toppleiinga i departementet auka, samstundes som kvinners lønn i pst. av menns i desse stillingskategoriane har gått ned.
I 2018 var det tre lærlingar i Kunnskapsdepartementet: ein mann og to kvinner.
Likestilling i verksemder under Kunnskapsdepartementet
Tabell 8.2 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2018)
Verksemd | Tilsette | Del menn (pst.) | Del kvinner (pst.) | Kvinners lønn i pst. av menns |
---|---|---|---|---|
Utdanningsdirektoratet | 360 | 38,3 | 61,7 | 97,9 |
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino | 116 | 31,0 | 69,0 | 96,3 |
Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskulen for Midt-Noreg) | 15 | 26,7 | 73,3 | 86,11 |
Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) | 721 | 24,1 | 75,9 | 102,0 |
Noregs grøne fagskule – Vea | 33 | 39,4 | 60,6 | 100,4 |
Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane | 77 | 0,0 | 100,0 | – |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 143 | 30,8 | 69,2 | 90,7 |
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) | 67 | 50,7 | 49,3 | 85,5 |
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (Diku) | 123 | 31,7 | 68,3 | 93,5 |
Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit) | 186 | 54,3 | 45,7 | 101,0 |
Statens lånekasse for utdanning | 337 | 45,1 | 54,9 | 97,8 |
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) | 12 | 41,7 | 58,3 | 82,1 |
Kompetanse Noreg | 146 | 26,0 | 74,0 | 98,0 |
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) | 239 | 36,0 | 64,0 | 97,0 |
1 Skilnader i lønn mellom kvinner og menn i Sørsamisk kunnskapspark skyldast i stor grad deltidsstillingar og tilsetjingar på dispensasjon.
Kjelde: Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå SSB til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) per 1. oktober 2018
I 7 av 10 forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet tener menn meir enn kvinner. Forskjellen er størst hos Norsk utanrikspolitisk institutt (85,5 pst.) og Sørsamisk kunnskapspark (86,1 pst.)
9 Fornye, forenkle og forbetre
Kunnskapsdepartementet jobbar kontinuerleg med tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i sektoren. I dette kapittelet vil vi presentere dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie. I tillegg er det mykje kontinuerleg arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av utviklinga av den ordinære verksemda.
Enklare og betre brukartenester
I kunnskapssektoren blir det tilbode eit breitt utval tenester for ein stor del av befolkninga. Mange av dei underliggande verksemdene til Kunnskapsdepartementet har i dei siste åra arbeidd for å forenkle tenestene og få ei meir effektiv saksbehandling. Utdanning.no er ein nasjonal nettstad med informasjon om utdanning og yrke, med oversikt over det norske utdanningstilbodet. I 2018 blei det gjennomført 7,7 mill. økter på Utdanning.no. For betre å kunne nytte tenesta som del av kompetansepolitikken i framtida flyttar departementet forvaltninga av utdanning.no frå Utdanningsdirektoratet til Kompetanse Noreg. For nærare omtale, sjå kap. 256.
I dei siste åra er Feide innført som nasjonal fellesløysing for sikker pålogging i grunnopplæringa. Ved slutten av 2018 var Feide tilgjengeleg for 99,9 pst. av elevane ved offentlege skular, med over 123 mill. påloggingar. Feide blir levert av UNINETT, som samarbeider med Utdanningsdirektoratet og Unit om forvaltninga av tenesta. Regjeringa vil etablere ei ny løysing for gjennomføring av eksamenar og prøvar i grunnopplæringa. Tiltaket skal føre til at alle eksamenar og prøvar kan utviklast og gjennomførast innanfor ei ny, felles digital løysing. Sjå meir omtale av løysinga under kap. 226, post 21.
Lånekassen jobbar kontinuerleg med modernisering av søknadsbehandling og elektroniske arbeidsflater for å forenkle systema. Talet på saker som blir behandla av maskinar i Lånekassen, held fram med å auke, og ein stor del av Lånekassens søknader blir no behandla heilmaskinelt. I 2018 utgjorde dette 73 pst. av søknadene om utdanningsstøtte og 88 pst. av søknadene om betalingsutsetjing. Dette reduserer behandlingstida for stadig fleire av kundane i Lånekassen. Kundar med heilmaskinelt behandla søknader får ofte vedtaket berre nokre timar etter at søknaden er sendt inn.
I regjeringa sin digitaliseringsstrategi for offentleg sektor er Ny i Noreg vald ut som 1 av 6 livshendingar der det skal utviklast samanhengande tenester med brukaren i sentrum. Utvikling av samanhengande tenester for flyktningar og innvandrarar skal gi ei meir brukarvennleg, effektiv og sikker forvaltning både for brukarane, IMDi, og for andre aktørar i integreringsarbeidet, mellom anna kommunane.
For å forenkle kommunanes arbeid med introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar vil regjeringa innføre standardiserte element til bruk i programmet. Elementa skal gjere det enklare å tilby differensierte program av god kvalitet til deltakarane.
Det offentlege tenestetilbodet skal utviklast slik at brukaren blir sett i sentrum, mellom anna ved at brukarar ikkje skal måtte føre opp informasjon igjen dersom det offentlege allereie har denne informasjonen. Tenestekjeder kan utviklast når ei brukarreise spenner over fleire aktørar. Dette utfordrar tradisjonell tenesteutvikling, og samarbeid mellom aktørar er ein føresetnad for å lykkast. Som eit ledd i arbeidet med forenkling og forbetring har Kunnskapsdepartementet oppretta ei faggruppe for tenestekjeder i sektoren, med deltakarar frå dei ni verksemdene med sentraladministrative oppgåver som er underlagde departementet. Faggruppa skal vere eit fagleg forum for å gjennomgå, kvalitetssikre og kome med forslag til tenestekjeder.
Open tilgang til vitskaplege artiklar og underliggande forskingsdata
I Granavolden-plattforma slår regjeringa fast at forskinga skal gjerast meir tilgjengeleg ved å stimulere til meir open forskingsformidling og meir opne data. Open tilgang saman med kunstig intelligens gir nye moglegheiter for analyse og er ønskeleg for verksemdene i den omstillinga vi står overfor. Open tilgang er også naudsynt for livslang læring. Studentane skal kunne ta med seg dei gode vanane med å lese faglitteratur frå studietida og halde fram med å vere oppdaterte og bruke ny kunnskap også i arbeidslivet.
Plan S er eit initiativ som blei lansert i september 2018 for å gjere all offentleg finansiert forsking ope tilgjengeleg. Kjernen i Plan S er at forskingsfinansiørane som deltek, frå og med 2021 skal krevje at alle artiklar som er resultat av den forskinga dei finansierer, er tilgjengelege frå det tidspunktet dei blir publiserte.
Målet med politikken for open tilgang til forskingsartiklar er å gå vekk frå å betale abonnement for å lese forskingsresultat og i staden betale for koordinering av kvalitetssikring og redaksjonelt arbeid, helst i form av såkalla publiser-og-les-avtalar. Fordelen med slike avtalar er at forskarane ikkje vil merke forskjell frå dagens system, fordi dei ikkje treng å tenke på å betale artikkelavgifter. Som første land i verda har Noreg inngått ein publiser-og-les-avtale med storforlaget Elsevier. Tilsvarande avtalar er inngått med dei store forlaga Wiley, Taylor & Francis og Springer Nature.
Kunnskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å utbetre infrastrukturen for tilgjengeleggjering av data i kunnskapssektoren. Dette inneber data som dannar grunnlaget for statistikkpublisering, analyse og tilgjengeleggjering av data gjennom ulike kanalar. Formålet med tiltaket er at analysar, kunnskap og statistikk blir meir opne og tilgjengelege, slik at det blir enklare å få tilgang til og bruke kunnskapsdata. Moglegheiter for kopling til data og statistikk om andre sektorar er også eit viktig omsyn.
10 Oppfølging av FNs berekraftsmål 4
FNs generalforsamling vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our world: The 2030 Agenda for Sustainable Development. Alle FNs medlemsland er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftsmåla i agendaen. I Noreg har Kunnskapsdepartementet eit koordineringsansvar for berekraftsmål 4:
«Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle»
Målet har 7 delmål og 3 gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå. Noreg var i 2019 kome langt i å nå dei fleste delmåla under berekraftsmål 4 samanlikna med andre land innanfor og utanfor Organisation for Economic Cooperation and Development (OECD). Noreg var også nærare å nå utdanningsmålet i 2019 enn i 2017 ifølge OECD-rapporten Measuring Distance to the SDG Targets. Likevel er det framleis utfordringar – også i Noreg.
Boks 10.1 FNs berekraftsmål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle
Delmål under berekraftsmål 4:
4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbyte
4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen
4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris
4.4 Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap
4.5 Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar
4.6 Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne
4.7 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremje fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling
4 a. Etablere og oppgradere utdanningstilbod som varetek omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle
4 b. Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland
4 c. Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar
Regjeringa vil i den nasjonale oppfølginga særleg legge vekt på tidleg innsats i barnehage og grunnopplæring og å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I 2018 hadde 3 av 4 elevar fullført vidaregåande opplæring etter 5 år. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skule, vil få særskild merksemd. Det er også ei utfordring at for få fullfører høgare utdanning.
Kunnskapsdepartementet vil samarbeide med Utanriksdepartementet om Noregs oppfølging av berekraftsmål 4 i internasjonale organisasjonar. Som ein del av oppfølginga deltok Kunnskapsdepartementet i delegasjonen frå Noreg til FN-møtet High Level Political Forum on Sustainable Development (HLPF) i juli 2019. På HLPF presenterte Noreg nasjonale og internasjonale utfordringar og framgang, samt forslag til korleis ein kan auke framgangen for å nå utdanningsmålet innan 2030. Statsråd Iselin Nybø bidrog òg til å fremma eit globalt kvalifikasjonspass, open tilgang til forsking globalt, og Noregs kandidatur til Tryggingsrådet i FN.
Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla under berekraftsmål 4.
Delmål 4.1
Omtrent 100 pst. av alle barn i Noreg fullfører 10-årig obligatorisk grunnskule, og 98 pst. gjekk direkte til vidaregåande opplæring i 2018. Norske elevar på 4. og 5. trinn viser ein klar framgang i lesing, og ligg langt over det internasjonale gjennomsnittet, viser Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS 2016). Jentene har framleis betre leseferdigheiter enn gutane, medan minoritetsspråklege elevar les betre enn i 2011. Hovudtendensen er likevel at fleirspråklege elevar skårar gjennomsnittleg lågare enn einspråklege elevar. Kjønnsskilnadene ser òg ut til å auke. Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS 2015) viser at norske elevar på 5. trinn presterer svært bra i matematikk. Dei skårar signifikant høgare enn elevar i same alder i dei andre nordiske landa og plasserer seg blant dei beste i Europa. På 9. trinn kan norske elevar sine prestasjonar i matematikk karakteriserast som middels gode i eit europeisk perspektiv. I naturfag presterer norske elevar godt på 5. trinn og middels godt på 9. trinn sett i eit europeisk perspektiv. I Programme for International Student Assessment (PISA)-undersøkinga frå 2015 skåra norske 15-åringar for første gong over OECD-gjennomsnittet i både lesing, matematikk og naturfag. Særleg viser norske elevar svært god framgang og gode resultat i lesing, og dei har òg ei positiv utvikling i matematikk. I naturfag har resultata vore stabile sidan 2009. 84,7 pst. av jentene og 81,2 pst. av gutane oppnådde minst eit minimumsnivå i matematikk. For lesing var dei tilsvarande tala 90,8 pst. for jenter og 79,5 pst. for gutar. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa for nærare omtale av grunnskulepoeng og nasjonale prøvar. Resultata frå PISA 2018 blir publiserte i desember 2019. Resultata frå TIMSS 2019 blir publiserte i 2020.
Delmål 4.2
I 2018 gjekk 91,8 pst. av 1- til 5-åringane i barnehage, opp frå 91,3 pst. i 2017. I 2018 gjekk 97,6 pst. av 5-åringane i barnehage før skulestart, same del som i 2017.
Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 2–5 år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke, og inntektsgrensa var frå 1. august 2019 auka til 548 500 kroner.
Sjå programkategori 07.30 Barnehagar for nærare omtale.
Delmål 4.3
60 pst. av både menn og kvinner i aldersgruppa 25–64 år deltok i 2017 i formell utdanning eller ikkje-formell opplæring i dei siste 12 månadene. Det er høvesvis 1 og 2 prosentpoeng lågare enn i 2012 for menn og kvinner. 35,3 pst. av 19–24-åringane var i høgare utdanning i 2018, omtrent som i 2017. Delen kvinner i same aldersgruppe som var studentar i 2018, var 42,8 pst., og delen menn var 28,4 pst. i 2018. Kvinner utgjorde 59,1 pst. av alle studentane i høgare utdanning i 2018. Delen menn har hatt ein svak auke i dei siste 10 åra. Over 40 pst. av fagskulestudentane følger utdanningstilbod innanfor tekniske fag. Det er ein liten del kvinner innanfor dei tekniske faga, 7,4 pst. i 2018.
Gratisprinsippet i høgare utdanning og låne- og stipendordninga gjennom Lånekassen bidreg til å gi lik tilgang til høgare utdanning for både kvinner og menn, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning og programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Innanfor høgare yrkesfagleg utdanning er utdanninga til over 70 pst. av studentane delvis eller fullstendig finansiert med offentlege midlar. Seks av ti fagskulestudentar følger deltidsutdanningar, noko som gjer det enklare å stå i jobb under utdanninga.
Betre gjennomføring i høgare utdanning har vore eit mål i lang tid. Ein stadig større del av bachelor- og masterstudentane har fullført på normert tid enn tidlegare. For dei som begynte på eit bachelorstudium i 2015, var det 47,8 pst. som fullførte på 3 år, noko som er opp frå 47,1 pst. for dei som begynte i 2014. Same tal for den delen av eit opptakskull som fullførte mastergraden på 2 år, var 53,6 pst. av dei som starta i 2016, samanlikna med 52,6 pst. av dei som starta året før. Sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.
Delmål 4.4
For å oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne i Noreg med kompetanse som er relevant for sysselsetjing, må fleire gjennomfører utdanninga. Ei av hovudutfordringane er å styrke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I 2018 hadde 75,3 pst. av elevane som starta i 2013, fullført vidaregåande opplæring etter 5 år. Dette var ein liten auke på 0,3 prosentpoeng frå førre kull og rundt 6 prosentpoeng fleire enn for dei som starta i 2007. I 2018 var det ein kjønnsskilnad på over 10 prosentpoeng, med ein gjennomføringsgrad innan 5 år på 80,6 pst. for kvinner og 70,5 pst. for menn. Regjeringas politiske plattform frå januar 2019 har som eit mål at innan 2030 skal 9 av 10 elevar som tek til på vidaregåande opplæring, fullføre og bestå.
Regjeringa har teke fleire initiativ for å løyse fråfallsproblematikken. Frå hausten 2019 blei det mogleg å gå rett frå det 1. året på studieførebuande program til det 2. året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Regjeringa styrker tidleg innsats i skulen med fleire lærarar, rett til intensiv opplæring for dei som heng etter, og tryggare overgang frå barnehage til skule. Regjeringa innfører ny tilbodsstruktur i fag- og yrkesopplæringa frå og med skuleåret 2020–21. Fleire elevar skal få spesialisering frå dei startar i vidaregåande opplæring. Læreplanane blir endra slik at dei blir meir relevante og gir betre moglegheit for fordjuping. Frå skuleåret 2016–17 blei det innført ei fråværsgrense i vidaregåande skule. Målet var å motivere elevane til jamn innsats og hindre skulk. Dagsfråværet gjekk ned med rundt 40 pst. etter innføringa av fråværsgrensa og har halde seg stabilt. Timefråværet gjekk også ned, og er i 2018–19 framleis lågare enn før fråværsgrensa blei innført tross ein liten auke frå førre skuleår. Delen som sluttar undervegs i skuleåret er stabil. I 2015–16, siste året før innføringa av fråværsgrensa, var delen elevar som slutta, 4 pst. I 2017–18 var delen elevar som slutta, 3,8 pst. Regjeringa greier ut om fylkeskommunane kan få eit utvida og meir heilskapleg ansvar for å følge opp alle unge i alderen 16 til 24 år, òg for dei som sluttar på skulen eller som ikkje får læreplass. Ein del av elevane som begynner i vidaregåande opplæring har av ulike grunnar eit svakt utgangspunkt frå grunnskulen. Det kan mellom anna vere aktuelt at fylkeskommunane tilbyr desse forsterka opplæring gjennom forkurs og eigne opplegg. Formålet er å gi alle elevane, òg dei med svak kompetanse frå grunnskulen, ei meir reell moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring.
Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. For gjennomføring i høgare utdanning, sjå delmål 4.3 eller programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.
Delmål 4.5
I februar 2019 presenterte eit ekspertutval NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp. Etter ein kunnskapsgjennomgang slo utvalet fast at det er tydelege kjønnsforskjellar, som i hovudsak gjer at gutar kjem dårlegare ut på alle nivå i utdanningssystemet. Kjønnsforskjellane i opplæringsløpet kan få konsekvensar for vidare utdanning, arbeid, helse og familiesituasjon seinare i livet. Ekspertutvalet foreslo 64 tiltak mot uheldige kjønnsforskjellar som går på kunnskapssystemet for barnehage og grunnopplæring, tidleg og tilpassa innsats, grunnskulens innhald og organisering, og overgangar i utdanningsløpet. I 2019 har rapporten vore på høyring, og Kunnskapsdepartementet vil mellom anna følge han opp i ei varsla melding til Stortinget om tidleg innsats hausten 2019. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.
Delmål 4.6
Den førre Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC 2011–12) viser at befolkninga i Noreg mellom 25 og 64 år hadde god kompetanse samanlikna med i andre land. Dei eldste (55–64 år) og yngste (16–24 år) deltakarane i PIAAC hadde lågare ferdigheiter i lesing og talforståing enn gjennomsnittet av befolkninga. Dei yngste hadde dessutan lågare ferdigheiter enn det internasjonale gjennomsnittet for same aldersgruppe. Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Sjå omtale av tiltaka i kompetansereforma under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang.
Delmål 4.7
I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet varsla regjeringa ei fagfornying for grunnopplæringa. Nye læreplanar skal ta til å gjelde frå hausten 2020. Gjennom fagfornyinga skal også tre tverrgåande tema inkluderast i læreplanane i dei faga som er relevante: berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Forslag til nye læreplanar har vore ute på høyring våren 2019, og nye læreplanar blir fastsette av Kunnskapsdepartementet hausten 2019 for så å ta til å gjelde hausten 2020.
Den naturlege skulesekken er eit nasjonalt tiltak som skal bidra til at barn og unge gjennom opplæringa får kunnskap om og blir medvitne om berekraftig utvikling og miljøutfordringar i verda. Skular som deltek i Den naturlege skulesekken, får midlar, rettleiing og kompetanseheving for lærarar for å utvikle og gjennomføre undervisning for berekraftig utvikling.
Gjennomføringsmål 4 a
Prinsippet om nulltoleranse for mobbing er nedfelt i opplæringslova. Frå hausten 2018 fekk alle fylka i landet eigne mobbeombod. Regjeringa set også i gang ei følgeevaluering for korleis ombodsordninga bør vere i dei nye fylka frå 2020.
Opplærings- og utdanningssektoren vil bli underlagd krava om universell utforming av IKT i ny likestillings- og diskrimineringslov. Det betyr mellom anna at skulane sine nettsider, digitale læringsplattformer og digitale læremiddel må vere universelt utforma innan 2021. For alle nye nettløysingar gjeld plikta allereie frå 2019.
Gjennomføringsmål 4 b
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) har ansvaret for å administrere Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART). Det overordna målet med programmet er å styrke kvaliteten i høgare utdanning i Noreg og dei 39 landa i Afrika, Asia og Latin-Amerika som er ein del av ordninga, gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet. I Dikus evaluering av avviklinga av Kvoteordninga frå 2018 fortel dei at det er ulike oppfatningar av omlegginga på norske universitet og høgskular. Dei fann òg at NORPART har betydd ei dreiing frå støtte til enkeltstudentar basert på institusjonsavtalar, til fokus på institusjonelt samarbeid i partnarskapsprogram. Programmet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet. Sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale.
Gjennomføringsmål 4 c
Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 5,7 pst. av lærarane i grunnskulen ikkje oppfyller tilsetjingskrava i lovverket. Rapporten Lærere uten pedagogisk utdanning i grunnskolen 2018/2019 frå Statistisk sentralbyrå (SSB) tyder på at også mange av dei som manglar ei fullført pedagogisk utdanning, har høg utdanning. Med pedagogisk utdanning meiner SSB her utdanning som gir kompetanse for tilsetjing og undervisning, og ikkje anna pedagogisk utdanning. Rapporten finn at 86 pst. av dei som ikkje har slik pedagogisk utdanning, har ei universitets- eller høgskuleutdanning. Statistikk frå SSB (2018-tal) viser at det i vidaregåande skule er rundt 24 pst. som ikkje har ei lærarutdanning, medan 11 pst. har anna pedagogisk utdanning. 5 pst. av alle lærarane har ikkje fullført studium på universitets- og høgskulenivå. Merk at tala for grunnskulen og vidaregåande skule bygger på ulike kjelder, og derfor ikkje bør samanstillast.
Regjeringa har sett inn ei rekke tiltak for å gjere både lærarutdanningane og læraryrket meir attraktive. Strategien Lærerutdanning 2025 – nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene kom i 2017, same år som regjeringa løfta grunnskulelærarutdanningane til masternivå. Frå 2019 gjeld kravet om mastergrad for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. Ved å stramme inn karakterkrava for opptak til lærarutdanningane ønsker regjeringa å rekruttere fagleg sterkare studentar, med betre gjennomføringsevne. Det er sett av midlar til samarbeid om praksis av høg kvalitet og til kompetanseheving og forsking på lærarutdanning. Det blir satsa tungt på vidareutdanning, rettleiingsordningar og karrierevegar for lærarar. Regjeringa har òg gitt pengar til internasjonalisering i grunnskulelærarutdanningane. Diku forvaltar desse midlane gjennom NOTED-programmet, som gir støtte til utdanningssamarbeid og studentutveksling mellom lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale.
11 Mål for integrering
Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å samordne integreringspolitikken til regjeringa. Alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å gi innvandrarar like høve, rettar og plikter på sitt område, og til å bidra til at måla i integreringspolitikken blir nådde.
Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilgang til relevant informasjon om innvandrarar er ein føresetnad for at Kunnskapsdepartementet skal kunne vareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne vareta ansvaret sitt.
Mål for integrering er eit viktig verktøy for å syne utvikling over tid på viktige område for innvandrarar i Noreg. Ordninga blei introdusert i statsbudsjettet for 2006. Det blir rapportert årleg i statsbudsjettet. Departementa skal nytte informasjonen i ordninga i sitt ordinære arbeid på eigne ansvarsområde. Indikatorane i ordninga er delt inn i fire temaområde: arbeid og sysselsetjing, utdanning og kvalifisering, levekår, og frivillig verksemd og deltaking. Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Dette er òg målet med ordninga.
Rapporteringa på Mål for integrering gir eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Biletet er ikkje fullstendig, og det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Innvandrarar er ei mangearta gruppe. Det er folk som kjem frå EØS-land for å ta seg arbeid, andre kjem grunna krig og forfølging i heimlandet, og nokre kjem for å leve saman med familie som bur i Noreg. Dei er gamle og unge, nokre har budd i Noreg i kort tid, andre i mange år. Dette er sentrale faktorar som forklarer endringar.
Rapportering på indikatorar for integrering vil i framtida skje i ei anna form, og dette er derfor siste året rapporten Mål for integrering blir lagd fram på denne måten.
Arbeid og sysselsetjing
Høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse er sentrale mål for den økonomiske politikken til regjeringa og er avgjerande for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. Regjeringa fører ein aktiv arbeids- og velferdspolitikk for at flest mogleg skal kunne delta i arbeidslivet. Det er viktig med ein arbeidsmarknad som tilpassar seg endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft. For å bidra til låg arbeidsløyse, høg yrkesdeltaking og god mobilitet blir dei arbeidsmarknadspolitiske verkemidla tilpassa situasjonen på arbeidsmarknaden.
Utviklinga på arbeidsmarknaden er god. Norsk økonomi har vore i ein oppgangskonjunktur sidan slutten av 2016. Bedriftene etterspør arbeidskraft, og fleire strøymer til arbeidsmarknaden. Sysselsetjinga held fram med å auke slik ho no har gjort sidan slutten av 2016, etter fleire år med fall. Auken i sysselsetjinga har ført til færre arbeidslause. Den registrerte arbeidsløysa er no på det lågaste nivået på nesten ti år.
Arbeidsinnvandringa auka sterkt etter EØS-utvidingane på 2000-talet og fall markert etter 2012, parallelt med at etterspurnaden etter arbeidskraft i Noreg vaks saktare og situasjonen betra seg i mange av avsendarlanda. Sjølv om etterspurnaden etter arbeidskraft har teke seg klart opp i Noreg etter 2016, kan vi ikkje sjå at dette har ført til auka innvandring.
Lågare vekst i innvandrarbefolkninga kan gjere det lettare for innvandrarar å få innpass på den norske arbeidsmarknaden. Mangel på kompetanse og arbeidsrøynsle ut frå behova på arbeidsmarknaden vil likevel kunne trekke i motsett retning. Arbeidsinnvandringa har vist seg å svinge med konjunkturane og gir ein stabiliserande effekt på arbeidsmarknaden.
Nokre grupper opplever særlege utfordringar med å få innpass i arbeidslivet og har behov for assistanse som styrker sjansane deira for å kome i jobb. Blant innvandrarar frå land utanfor EØS-området er det arbeidssøkarar som stiller svakare på arbeidsmarknaden, til dømes grunna manglande formell kvalifisering. Den aktive arbeidsmarknadspolitikken skal stimulere til god tilgang på arbeidskraft, motverke avgang frå arbeidslivet til varige trygdeytingar og redusere og førebygge arbeidsløyse.
Sysselsetjing1
Sysselsetjinga i Noreg er høg samanlikna med i dei fleste OECD-land. Det er særleg høg deltaking blant kvinner og seniorar, medan sysselsetjinga for menn i alderen 25–54 år er lågare enn gjennomsnittet for OECD. Innvandrarar og særleg innvandrarkvinner deltek i mindre grad på arbeidsmarknaden enn befolkninga elles, men det er viktig å merke seg at innvandrarkvinner i Noreg er sysselsette i høgare grad enn innvandrarkvinner i andre land. Samtidig er Noreg eit av dei landa som har størst gap mellom sysselsette innvandrarar og sysselsette i befolkninga elles.
Innvandring påverkar den samla sysselsetjinga gjennom kor stor del innvandrarar utgjer av befolkninga, og i kva grad dei er i arbeid. Innvandrarar utgjorde 19 pst. av befolkninga mellom 20 og 64 år i 2017 og 16 pst. av dei sysselsette i same alder. Innvandrarar deltek i mindre grad på arbeidsmarknaden enn befolkninga elles. Forskjellen har likevel blitt mindre. I befolkninga i alt var 67 pst. i aldersgruppa 15–74 år i 4. kvartal i 2018 sysselsette, og for befolkninga utan innvandrarar låg sysselsetjinga på 67,9 pst. (Statistisk sentralbyrå (SSB)). For innvandrarar var 62,7 pst. sysselsette – altså 5,2 prosentpoeng lågare enn for befolkninga utan innvandrarar. Med justering for at innvandrarbefolkninga er yngre enn majoritetsbefolkninga, blir den reelle skilnaden i arbeidsdeltakinga endå større.
Gapet mellom dei to gruppene blir mindre for kvart år som går. Differansen var til dømes 8 prosentpoeng i 2009, 5,5 prosentpoeng i 2013 og 4,3 prosentpoeng i 2018. Samanlikna med majoritetsbefolkninga har sysselsetjinga blant busette innvandrarar svinga noko meir over konjunkturane. Etter 2015 har sysselsetjinga blant innvandrarar auka meir enn i majoritetsbefolkninga.
Sysselsetjingsraten er sterkt påverka av dei aktuelle gruppene si samansetjing med omsyn til landbakgrunn, butid, kjønn og alder. Ifølge Frischsenteret tek det kortare tid å kome i arbeid dess betre konjunktursituasjonen er i Noreg.2 Det betyr at sjansane for å få jobb for innvandrarar er vesentleg meir konjunkturfølsame enn for norskfødde.
Det er stor variasjon i føresetnadene til innvandrarane for å kome inn på den norske arbeidsmarknaden. Mange har problem med å kome inn på arbeidsmarknaden på grunn av svake kvalifikasjonar og manglande utdanning. Verdien av kompetanse og formelle ferdigheiter blir stadig viktigare på arbeidsmarknaden. Noreg har ein arbeidsmarknad med høge kompetansekrav. Arbeidsmarknaden vil i større grad enn tidlegare stille krav til omstilling. Erfaringar viser at dei med høg utdanning omstiller seg lettare enn dei som berre har grunnskuleutdanning.3 Sysselsetjinga er lågare og arbeidsløysa høgare for dei som ikkje har fullført vidaregåande utdanning. Medan arbeidsinnvandrarar oftare enn befolkninga utan innvandrarar har høgare utdanning utover fire år, skil personar med flyktningbakgrunn og familieinnvandrarar seg ut ved at dei i større grad berre har grunnskuleutdanning.4 Om lag 70 pst. av flyktningane som kom til Noreg i 2015 og 2016, hadde inga utdanning eller berre grunnskule som fullført utdanning.5 Det låge utdanningsnivået gjer det særleg utfordrande for denne gruppa å få innpass på den norske arbeidsmarknaden.
Landbakgrunn
Innvandrarar frå land i Europa og Nord-Amerika som i stor grad har kome som arbeidsinnvandrarar, har høgare sysselsetjingsgrad enn innvandrarar frå land i Afrika og Asia. Innvandrarar frå Vest-Europa, Nord-Amerika med fleire og EU-land i Sentral- og Aust-Europa blir dominerte av arbeidsinnvandrarar og familiegjenforeinte til arbeidsinnvandrarar. I innvandrargruppene frå Asia og Afrika er det flest flyktningar, og ein del av dei har relativt kort butid i Noreg. Sysselsetjinga er særleg låg blant kvinner i denne gruppa. Eit nytt trekk vi har sett etter 2017, er at sysselsetjinga har auka mykje blant personar frå Afrika og Asia, og meir enn blant innvandrarar frå andre europeiske land.
Butid
Med lengre butid aukar sysselsetjingsnivået i dei fleste innvandrargrupper. Etter nokre år med butid når dei fleste inntekter over låginntektsgrensa. Forskjellane mellom gruppene blir likevel ikkje utjamna. For afrikanske innvandrarar med butid på over ti år er sysselsetjinga framleis låg.
Sysselsetjinga er låg blant flyktningar i dei første åra etter at dei kom til Noreg, men ho aukar i dei første fem til sju åra. Etter det begynner sysselsetjinga å falle, og fleire mottek trygd.6
Butid påverkar òg stillingsprosenten for innvandrarar frå Afrika og Asia. Innvandrarar frå desse landa er overrepresenterte i dei yrka der deltidsarbeid er svært utbreidd. Litt over 63 pst. av lønnstakarane blant alle innvandrarar jobba heiltid i 4. kvartal 2018, mot 71,8 pst. blant lønnstakarar eksklusive innvandrarar. Men det er stor forskjell innvandrargruppene imellom. Innvandrarar frå EØS-landa hadde ein heiltidsdel på 69,7 pst., medan gruppa frå Asia og Afrika var nede i 56,2 pst. Med ei butid i Noreg på meir enn 15 år har 65,8 pst. av innvandrarar frå Asia og Afrika heiltidsstillingar.
Kjønn
Sysselsetjingsgapet mellom innvandrarkvinner og innvandrarmenn er større enn for kvinner og menn i befolkninga elles. Dette gapet held fram også med butid. For innvandrarar (i alderen 15–74 år) i alt hadde menn ein sysselsetjingsdel på 66,2 pst. og kvinner 58,8 pst. Dette utgjer eit gap på 7,4 prosentpoeng. Tilsvarande differanse i befolkninga elles var på 4,8 prosentpoeng, der sysselsetjingsdelen for menn var 69,3 pst. og for kvinner 64,4 pst.
Delen sysselsette flyktningkvinner er klart mindre enn for menn i den første perioden i Noreg, men stig etter det jamt utover frå år til år. Det betyr at kjønnsforskjellane blir utjamna markert over tid. Til dømes endar kvinner frå Somalia med over 20 års butid opp med noko høgare sysselsetjingsprosent enn somaliske menn.7
Flyktningkvinner har høgare sysselsetjing i Noreg enn i andre EU-land, men ligg om lag 4 prosentpoeng under Sverige. Sjølv om nivået i dei nordiske landa er høgt, er det klart lågare enn for befolkninga elles.8 Høge kompetansekrav på arbeidsmarknaden, låg eller ikkje relevant utdanning, lite arbeidsrøynsle frå heimlandet, manglande språkkunnskaper og lang veg til fagutdanning er viktige årsaker til at innvandrarkvinner med flyktningbakgrunn slit med å få innpass på arbeidsmarknaden.
Alder
Sysselsetjinga varierer mykje med alder. Når ein samanliknar andelen sysselsette innvandrarar og befolkninga elles, bør ein ta omsyn til at innvandrarar i gjennomsnitt er yngre, og at det har kome fleire menn enn kvinner. Begge desse forholda tilseier isolert sett at fleire skal vere sysselsette.9
For den yngste aldersgruppa (15–19 år) er det ein differanse på 12,9 prosentpoeng i sysselsetjing når ein samanliknar innvandrarar med heile befolkninga. Denne differansen er på 12,5 prosentpoeng for aldersgruppa 20–24 år. Det har vore ein underliggande nedgang i andelen sysselsette unge generelt over lang tid. Det har samanheng med at fleire tek lengre utdanning.
Det har òg vore ein underliggande nedgang i delen sysselsette menn i aldersgruppa 25–54 år sidan slutten av 1970-talet gjennom fleire konjunktursyklusar. Utviklinga i tala etter 2000 kan tyde på at ein slik negativ, men noko svakare trend har halde fram med å gjere seg gjeldande etter år 2000.10 I aldersgruppene 25–39, 40–54 og 55–66 år skjer det ein reduksjon i differansen i sysselsetjing mellom innvandrarar og heile befolkninga til respektive 11,1, 11,4 og 11,8 prosentpoeng.
Gjennomsnittsalderen blant innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa er lågare enn i majoritetsbefolkninga. Det trekker sysselsetjingsraten opp for innvandrargruppa. Den relativt store delen alderspensjonistar i majoritetsbefolkninga bidreg til å trekke ned sysselsetjingsnivået. I den eldste aldersgruppa (66–74 år) er differansen mellom innvandrarar og resten av befolkninga på 3,2 prosentpoeng.
Norskfødde med innvandrarforeldre
Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde nesten 180 000 personar ved inngangen til 2019. Mange norskfødde med innvandrarforeldre er relativt unge, og vil derfor vere utanfor arbeidsstyrken. Berre 14 pst. er 25 år eller eldre, medan 70 pst. er under 16 år. Nokre er i vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
Totalt er 70,5 pst. av alle norskfødde med innvandrarforeldre mellom 20 og 66 år sysselsette. SSB finn at ulik landbakgrunn gir til dels store skilnader i tilknyting til arbeidsmarknaden i aldersgruppa 25–39 år.11 Landbakgrunn har mykje å seie for utdanningsnivået, som er ei generelt viktig forklaring på ulik tilpassing til arbeidsmarknaden. Yrkestilknytinga aukar med meir utdanning. Norskfødde mellom 25 og 39 år med innvandrarforeldre frå India og Vietnam har ei sterk yrkestilknyting, og ligg litt over den jamgamle befolkninga utan innvandrarbakgrunn.12 Dette gjeld for begge kjønn.
Blant norskfødde med innvandrarforeldre 19–24 år er 40,6 pst. i høgare utdanning. Dette er 5,5 prosentpoeng høgare enn for resten av befolkninga. Det at så mange norskfødde med innvandrarforeldre er i gang med ei høgare utdanning, er positivt i eit integreringsperspektiv, då formell kompetanse er viktig for å kome inn på arbeidsmarknaden.13 Blant norskfødde kvinner med innvandrarforeldre er utdanningsnivået gjennomgåande høgare enn blant norskfødde menn med foreldre som har innvandra. Når ein ser på inntekt, har mange norskfødde barn av innvandrarforeldre klart gjort det betre enn foreldra sine då dei var på same alder. Mange norskfødde har langt meir utdanning enn foreldregenerasjonen, og dette har bidrege til ei sterkare tilknyting til arbeidsmarknaden og høgare yrkesinntekter enn tilfellet var for innvandrarforeldra deira då dei var på same alder (25–39 år).
Arbeidsløyse14
Arbeidsløysa har gått gradvis ned sidan hausten 2016. Den registrerte arbeidsløysa har falle til det lågaste nivået sidan 2008, og er klart lågare enn 20-årsgjennomsnittet. Arbeidsløysa blant innvandrarar har hatt same utviklinga som arbeidsløysa elles, men sjølve nivået er høgare. Den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar gjekk ned med nesten 1 prosentpoeng frå 2. kvartal 2018 til 2. kvartal 2019 til 5,2 pst. Blant befolkninga elles var 2,1 pst. arbeidsledige i 2. kvartal 2019, medan delen av befolkninga eksklusive innvandrarar var 1,5 pst. på same tid.
Ifølge SSB15 er vegen frå å vere arbeidssøkar til å vere ein del av arbeidsstyrken lik vegen for resten av befolkninga. Likevel er ein større del innvandrarar registrerte som arbeidssøkarar.
Delar av innvandrarbefolkninga har utfordringar med å få ei fast og varig tilknyting til arbeidslivet. Dette kjem til uttrykk gjennom ein høgare del ledige og lengre arbeidsløyse periodar. For innvandrarar frå Asia og Afrika har arbeidsløysa i mange år vore fire til fem gongar høgare enn for resten av befolkninga.
Låg sysselsetjing og høg langtidsarbeidsløyse kan i hovudsak forklarast med mangelfull og lite relevant kompetanse. Mange vaksne flyktningar har eit kompetansenivå som ligg vesentleg under gjennomsnittet i majoritetsbefolkninga, og Noreg har ein arbeidsmarknad med høge kompetansekrav. Mangelfull kompetanse kan omfatte ikkje berre manglande formalkompetanse og fagutdanning, men òg utilstrekkelege norskkunnskapar. Ein stor del av dei innvandrarane som nyleg har kome, har korkje grunnskule eller vidaregåande opplæring, og denne tendensen er særleg tydeleg for flyktningar.
Landbakgrunn
Alle landgrupper har opplevd nedgang i arbeidsløysa etter årsskiftet 2015–16. Størst har nedgangen vore blant personar frå EU-land i Aust-Europa. Det var òg denne landgruppa som opplevde størst auke i arbeidsløysa i 2014 og 2015.
Det er store skilnader i arbeidsløysenivået mellom ulike landgrupper. Innvandrarar frå Afrika hadde den høgaste arbeidsløysa på 9,6 pst., følgt av innvandrarar frå Asia med 5,9 pst. Det høge nivået i arbeidsløysa blant innvandrarar frå Afrika kan forklarast med den store delen flyktningar i denne gruppa.
Kjønn
Tala viser at det er litt lågare arbeidsløyse for innvandrarmenn (4,8 pst.) enn innvandrarkvinner (5,7 pst.)) i 2. kvartal 2019. Dette er ei endring frå tidlegare år, då innvandrarmenn har hatt ei høgare arbeidsløyse enn innvandrarkvinner. I befolkninga i alt har mennene ein noko høgare arbeidsløyse enn kvinnene med høvesvis 2,2 pst. mot 2 pst. Alle gruppene har hatt nedgang sidan same tid året før.
Det er store variasjonar mellom dei ulike nasjonalitetane der nokre land har langt større kjønnsforskjellar enn gjennomsnittet for innvandrarar. Kjønnsforskjellane er særleg store for innvandrarar frå til dømes Afghanistan, Pakistan, Tunisia og Bangladesh. For innvandrarar frå Bosnia-Hercegovina, Russland, Filippinane og Serbia er kjønnsforskjellane om lag som for majoritetsbefolkninga.
Norskfødde med innvandrarforeldre
Det ligg ikkje føre oppdaterte tal (2. kvartal 2019) for arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre. Tal frå 3. kvartal 2018 frå SSB viser at arbeidsløysa for norskfødde med innvandrarforeldre er stabil. Arbeidsløysa for denne gruppa var den same i 3. kvartal 2017 og 3. kvartal 2018, 3,4 pst. Dette gjeld dei i aldersgruppa 15–29 år, der vi finn dei aller fleste av norskfødde barn med innvandrarforeldre. For befolkninga utan innvandrarar i same aldersgruppe låg arbeidsløysa på 2,2 pst. på same tid, medan tilsvarande tal for innvandrarar var 6 pst.
Utdanning og kvalifisering
Barnehagen og skulen er viktige arenaer for inkludering og språkutvikling. Undersøkingar frå SSB og Fafo16 viser at gratis kjernetid har hatt god effekt. Barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som har hatt tilbod om gratis kjernetid i barnehage, skårar betre på kartleggingsprøvar i lesing og rekning på 1., 2. og 3. trinn samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid.17 Barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn ligg framleis lågare enn for andre barn, og forskjellen er større jo yngre barna er. Det har likevel vore ei positiv utvikling for minoritetsspråklege 1- og 2-åringar i dei siste åra.
Ei samla vurdering av indikatorane for grunnopplæringa viser at både barn, unge og vaksne som sjølve har innvandra, og norskfødde med innvandrarforeldre opplever utfordringar i møte med utdanningssystemet. Når det gjeld delen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa på nasjonale prøvar, er både elevar som sjølve har innvandra, og norskfødde elevar med innvandrarforeldre overrepresenterte samanlikna med andre elevar. Vi ser at det er vanskelegare for elevar med innvandrarbakgrunn å få lærekontrakt eller bli tekne opp som lærekandidatar samanlikna med andre elevar. Dette viser seg å vere like vanskeleg for norskfødde med innvandrarforeldre som det er for innvandrarar. Når det gjeld dei som tek vidaregåande opplæring som vaksne, er delen med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, ein del lågare enn for andre vaksne. Blant personar i aldersgruppa 16–25 år er det over dobbelt så stor del av innvandrarar som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført og bestått vidaregåande opplæring, samanlikna med norskfødde med innvandrarforeldre og andre.
Samtidig er det også positive trekk. Ser vi på grunnskulepoeng, er avstanden mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar liten. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn. Avstanden mellom dei som sjølve har innvandra, og andre elevar er større.
I dei siste tre åra har det vore ei svak positiv utvikling når det gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring for alle elevar. Særleg hos jenter som har innvandra, ser vi ei positiv utvikling. Dei norskfødde gutane med innvandrarforeldre gjennomfører i langt mindre grad enn dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre. Alderen når ein kjem til landet, har mykje å seie for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå. Det har vore ei positiv utvikling i dei siste tre åra når det gjeld fullføring for elevar som kom til landet i ungdomsskulealderen.
Det er store variasjonar mellom elevar med innvandrarbakgrunn. Mange oppnår like gode eller betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar, og har store ambisjonar om høg utdanning.18 Delen av folket som tek høgare utdanning, aukar generelt. Blant norskfødde med innvandrarforeldre – både hos gutar og jenter – er det ein markant større del som tek høgare utdanning samanlikna med både dei som sjølve har innvandra, og andre.
Delen minoritetsspråklege barn i barnehage
Minoritetsspråklege barn i barnehagen er definerte ved at både barnet og dei føresette har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. 83 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2018. For andre barn i same aldersgruppe var delen 94 pst. Delen barn som går i barnehage, aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er forskjellen mellom ulike aldersgrupper mykje større enn for andre barn. For 4- og 5-åringar er delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nesten like høg som for andre barn, medan for 1- og 2-åringar er delen betydeleg lågare enn for andre barn, særleg for 1-åringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage, og har i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, sjølv om det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart. Trenden i dei siste åra er likevel stadig aukande dekningsgrad for alle aldersgrupper av minoritetsspråklege barn, og at forskjellen i dekningsgrad mellom minoritetsspråklege og andre barn er noko redusert. Det har særleg vore ei positiv utvikling for minoritetsspråklege 1- og 2-åringar i dei siste åra.
SSB gjennomfører på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ei longitudinell undersøking for perioden 2017–2023 der ein følger skulegangen til fire årskull barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar i Oslo som hadde tilbod om gratis kjernetid i barnehage. Første delrapport frå desember 201619 viser at desse barna skårar betre på kartleggingsprøvar i lesing og rekning på 1., 2. og 3. trinn samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid. For barn utan innvandrarbakgrunn er det ingen forskjell. Andre delrapport frå oktober 201820 viser at barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar med gratis kjernetid presterer ganske likt på nasjonale prøvar på 5. trinn samanlikna med barn med innvandrerbakgrunn i bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid. Det var noko belegg for at barn i familiar der mor ikkje er i lønna arbeid, gjer det noko betre på prøvane i bydelar med gratis kjernetid. Analysane tyder også på at barna i bydelar med gratis kjernetid gjer det noko betre på leseprøven etter at tiltaket blei innført.
Gjennom einskildstudiar, dialog med innvandrarbefolkninga og statistikk over yrkesaktivitet og bruk av kontantstøtte kan vi anta nokre årsaker til den låge barnehagedeltakinga for barn med innvandrarbakgrunn. Årsakene kan vere av både økonomisk og kulturell art. Det at mødre har hovudansvaret for små barn, kombinert med den lågare yrkesdeltakinga og høgare bruk av kontantstøtte, gjer at det er få incentiv for å la barnet begynne i barnehage som 1-åring. Også uro for om barnet får god nok omsorg, og tru på at det er tilstrekkeleg å gå i barnehage frå 3–4-årsalderen for å lære norsk før skulestart, bidreg til seinare barnehagestart.
Moderasjonsordning for familiar med låg inntekt og gratis kjernetid for 4–5-åringar i familiar med låg inntekt blei innført i 2015, og no har også 2- og 3-åringar i familiar med låg inntekt rett til gratis kjernetid. Minoritetsspråklege barn er overrepresenterte blant låginntektsfamiliar, og dermed også blant familiar som har rett til moderasjon og/eller gratis kjernetid. Dette betyr at desse ordningane kan ha ein sterkare effekt på å auke barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn enn for andre barn.
Resultat på nasjonale prøver for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
Nasjonale prøver skal måle elevane sine ferdigheiter i lesing og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skuleeigaren og skulen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltek på nasjonale prøver. Nasjonale prøver er delte inn i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. og 9. trinn. Her omtalar vi berre prøvene på 8. trinn.
Det er ein høgare del av elevar som sjølve har innvandra (innvandrarar), som er fritekne frå nasjonale prøver enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar.21 På 8. trinn er 11 pst. av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøver i lesing. I engelsk og rekning er høvesvis 11 og 9 pst. fritekne. Det er små forskjellar mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i den delen som er friteken. 3 pst. av både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er fritekne i kvar einskild av prøvene.
Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst forskjellar i lesing og minst forskjellar i engelsk. Tala må tolkast i lys av at den delen som er friteken, er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.
I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande mellom både gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og andre gutar og jenter. Det er små forskjellar mellom gutar og jenter i engelsk.
Butida har stor betydning for meistringsnivået til elevane, sidan det har mykje å seie for tid til å utvikle gode norskferdigheiter. Dei som har budd i Noreg i 5–6 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing. Samtidig er norskfødde med innvandrarforeldre overrepresentert på dei to lågaste meistringsnivåa på nasjonale prøver samanlikna med andre elevar.
Grunnskulepoeng for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
Grunnskulepoeng blir nytta som inntaksgrunnlag til vidaregåande opplæring. Poenga er berekna ved å ta snittet av alle standpunkt- og eksamenskarakterar, og multiplisere med 10. Elevar som manglar sluttvurdering i fleire enn halvparten av faga, får ikkje berekna grunnskulepoeng.
Det er om lag like store forskjellar i grunnskulepoenga mellom innvandrarelevar og norskfødde elevar med innvandrarforeldre, som det er mellom norskfødde elevar med innvandrarforeldre og andre elevar.
Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar. Mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 16 pst. av innvandrarelevane har ikkje fått berekna grunnskulepoeng i 2018. Det er særleg dei med 0–2 års butid som ikkje har fått berekna grunnskulepoeng, 48 pst. Til samanlikning har 17 pst. av dei med 3–4 års butid og 5 pst. av dei med 5–6 års butid ikkje fått berekna grunnskulepoeng.
Butida har stor betydning for kor mange grunnskulepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 7–8 års butid at talet på grunnskulepoeng nærmar seg talet på grunnskulepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.
Det er også ein sterk positiv samanheng mellom elevprestasjonar og kva utdanningsnivå foreldra til eleven har.22 Relativt mange ungdommar med innvandrarbakgrunn har foreldre med låg utdanning. Forskjellen i talet på grunnskulepoeng mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar blir redusert når ein samanliknar innanfor grupper av elevar der foreldra har tilsvarande utdanningsbakgrunn.23
Jenter har i gjennomsnitt 4,6 grunnskulepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre har fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn.
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse fem år etter at dei startar i vidaregåande opplæring
Delen som startar i vidaregåande opplæring same år som avslutta grunnskule, er 98 pst. for norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Delen er lågare for innvandrarar, med 84 pst. Det er først og fremst dei med svært kort butid (0–2 år) som ikkje går over i vidaregåande opplæring. Innvandrarar med over fire års butid startar i vidaregåande opplæring nesten like ofte som dei utan innvandrarbakgrunn.
Dei norskfødde med innvandrarforeldre nærmar seg dei andre elevane når det gjeld å fullføre og bestå vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Dette gjeld både gutane og jentene, men dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre gjennomfører nesten i same grad som dei andre jentene.
58 pst. av innvandrarane som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2013–14 (2013-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Delen har auka i dei siste åra, men er framleis betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten. Tal for 2018 viser at 58 pst. av dei som har budd 5–6 år i landet, fullfører og består innan fem år. Av dei som har budd meir enn 10 år i landet, fullfører 70 pst.
Årsaker til at elevar sluttar, er mange, til dømes manglande motivasjon, feilval, mangel på læreplassar eller gjentekne stryk.24 Det er ein sterk samanheng mellom utdanningsnivået til foreldra og delen som fullfører og består vidaregåande opplæring, for både elevar med og elevar utan innvandrarbakgrunn. Karakternivået frå grunnskulen forklarer også mykje av forskjellen i fullføring mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar. Elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar med same karakternivå og same sosiale bakgrunn fullfører og består i like stor grad vidaregåande opplæring. Norskfødde med innvandrarforeldre fullfører og består i større grad enn andre elevar med same sosiale bakgrunn og likt karakternivå frå grunnskulen.25 Forskjellar i tilgang til sosioøkonomiske ressursar bidreg også til å forklare mykje av karakterforskjellane mellom ulike innvandrargrupper. Ved samanlikning av elevar med ulik innvandrarbakgrunn, men som veks opp med tilsvarande sosioøkonomisk status, er karakterforskjellane langt mindre enn når det ikkje er justert for forskjellar i sosioøkonomisk status.
Tidlegare forsking har vist at elevar med innvandrarbakgrunn jobbar meir med lekser, og i større grad planlegg å ta høgare utdanning enn andre elevar. Jenter med innvandrarbakgrunn brukar aller mest tid på lekser, og nesten ein time meir enn gutar utan innvandrarbakgrunn. Eit ekstra utdanningsdriv hos elevar med innvandrarbakgrunn vil altså kunne kompensere for andre faktorar, som låg sosioøkonomisk status og butid, og bidra til mindre forskjellar frå andre elevar. Samanheng mellom bustad og skule på den eine sida, og skuleprestasjonar, utdanningsdriv og trivsel på den andre sida, er relativt avgrensa. Dette betyr at elevar med innvandrarbakgrunn, uavhengig av kvar dei bur, og kvar dei går på skule, møter mange av dei same moglegheitene og avgrensingane i utdanningssystemet.26
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjend lærekontrakt
Av 20 600 søkarar (med ungdomsrett) med læreplass som førsteønske i skuleåret 2018–19 hadde 15 400 fått ein godkjend lærekontrakt per 31. desember 2018. I tillegg var det litt over 800 lærekandidatar. 79 pst. av søkarane var altså enten lærlingar eller lærekandidatar ved utgangen av året. Delen med innvandrarbakgrunn som har oppnådd lærekontrakt eller er teken opp som lærekandidat i 2018, er lågare enn for andre elevar. Og delen er nesten like låg for norskfødde med innvandrarforeldre som for innvandrarar. Det er store skilnader mellom gutar med innvandrarbakgrunn og andre gutar. Det er òg store skilnader mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn. Alle gruppene, bortsett frå jenter som har innvandra og andre jenter, har hatt ein auke i delen som har fått lærekontrakt eller plass som lærekandidat siste året.
Det er ingen systematisk samanheng mellom å få godkjend lærekontrakt og butid. Det var til dømes ein høgare del som hadde fått godkjend lærekontrakt eller plass som lærekandidat i gruppa med 0–4 års butid, enn i gruppa med over 12 års butid. Det kan vere samansette årsaker til manglande læreplass, men ifølge fylkeskommunane kan namnet til søkarane, karakterar, fråvær, bustad og nettverk ha noko å seie. Den viktigaste årsaka ser likevel ut til å vere manglande språkkunnskapar.27
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring
I 2018 er 16 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette 7 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 6 pst. av andre i alderen 16–25 år. Generelt er ein noko høgare del av mennene enn kvinnene representerte i denne gruppa. Særleg er det ein kjønnsforskjell blant norskfødde med innvandrarforeldre. Det er ein større del norskfødde menn med innvandrarforeldre enn andre menn som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, medan det ikkje er forskjell mellom norskfødde kvinner med innvandrarforeldre og andre kvinner. Delen innvandrargutar i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, har hatt ein klar nedgang siste året. Norskfødde med innvandrarforeldre og andre har hatt ein svak nedgang.
Butid ser ut til å ha stor betydning. Blant innvandrarar som har budd 0–4 år i landet, er 27 pst. verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Delen blant dei som har budd 5–8 år i landet, er 13 pst., og tilsvarande del finn vi blant innvandrarar med lengre butid enn dette.28
Delen av innvandrarar i alderen 25–30 år som kom til landet i ungdomstrinnalderen eller i vidaregåande alder, og som har fullført og bestått vidaregåande opplæring
Alder då ein kjem til landet, har stor betyding for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Av innvandrarar i alderen 25–30 år har 56 pst. av dei som kom til landet i ungdomsskulealderen (13–15 år), fullført og bestått vidaregåande opplæring. Tilsvarande del for dei som kom i vidaregåande alder (16–18 år), er 41 pst. Jentene klarer seg betre enn gutane uavhengig av om dei kom i ungdomsskulealderen eller vidaregåande alder. For dei som kom til landet i ungdomsskulealderen (13–15 år), har det vore ein auke i delen som har fullført vidaregåande opplæring i dei siste tre åra.
Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som har fullført og bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år
Av totalt 7 700 vaksne som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skuleåret 2013–14, var det berre 57 pst. som fullførte og bestod i løpet av fem år. Kvinner fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år i større grad enn menn. Det er størst skilnad mellom kvinner og menn blant dei med innvandrarbakgrunn. Delen av dei med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, er ein del lågare enn for andre vaksne. Det har vore ein liten auke siste året i delen som fullfører vidaregåande opplæring innan fem år, både blant vaksne med innvandrarbakgrunn og andre.
Delen innvandrarar som ikkje har fullført grunnskuleutdanning
Delen innvandrarar som ikkje har fullført grunnskulen, og som heller ikkje har fullført utdanning på høgare nivå enn grunnskule, er 2 pst. Delen utan grunnskule aukar med alderen. For aldersgruppa 67 år og eldre er delen utan grunnskule 5 pst.
Fleire kvinner enn menn har ikkje fullført grunnskulen. Kjønnsforskjellen i disfavør av kvinnene aukar med alderen. Blant dei yngste, i aldersgruppa 16–19 år, er det derimot ein litt høgare del menn som ikkje har fullført grunnskulen.
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i høgare utdanning
I 2018 utgjorde delen studentar med innvandrarbakgrunn 11 pst. av studentane i høgare utdanning. Dette var ein auke frå året før, og veksten kom blant studentar med ikkje-vestleg bakgrunn. Delen studentar med vestleg bakgrunn, det vil seie frå EU, EFTA/EØS-landa, Australia, Canada, New Zealand og USA, har vore tilnærma uendra frå 2015, med i underkant av 4 pst. Ein større del av norskfødde med innvandrarforeldre er i høgare utdanning enn både delen av innvandrarar og delen av befolkninga elles, og slik har det vore i fleire år. Blant norskfødde i alderen 19–24 år med innvandrarforeldre var heile 44 pst. i høgare utdanning i 2018. I befolkninga elles er var den tilsvarande delen 37 pst.
Tabell 11.1 Studentar i høgare utdanning, etter utvalde årskull, innvandringskategori, og årstal. Prosent av registrert årskull1
2016 | 2017 | 2018 | ||
---|---|---|---|---|
I alt | 19–24 år | 35,1 | 35,4 | 35,3 |
25–29 år | 15,9 | 15,9 | 15,9 | |
Innvandrarar | 19–24 år | 17,9 | 18,2 | 20,1 |
25–29 år | 9,0 | 8,9 | 9,7 | |
Norskfødde med innvandrarforeldre | 19–24 år | 44,2 | 45,3 | 44,5 |
25–29 år | 20,1 | 19,5 | 19,9 | |
Befolkninga elles | 19–24 år | 37,2 | 37,5 | 37,2 |
25–29 år | 17,7 | 17,7 | 17,4 |
1 Studentar omfattar berre studentar som er registrerte busettestudenter registrert i Noreg per 1. oktober.
Kjelde: SSB 08103
Deltakinga i høgare utdanning varierer betydeleg blant ulike grupper i befolkninga. Tabellen viser at personar i alderen 19 til 34 år som sjølve har innvandra til Noreg, i langt mindre grad enn befolkninga elles er registrerte i høgare utdanning. For personar som er fødde i Noreg av innvandra foreldre, er biletet heilt omvendt. Både menn og kvinner i denne gruppa er langt meir tilbøyelege til å studere enn befolkninga elles.
Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre skil seg på nokre område frå befolkninga elles i val av studium. Det er framleis ei utfordring at personar med innvandrarbakgrunn er sterkt underrepresenterte innanfor lærarutdanningane. I andre store profesjonsutdanningar, som ingeniør- og sjukepleiarutdanningar, er innvandrarar omtrent proporsjonalt representerte.29
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknader om generell godkjenning i NOKUT
NOKUT har godkjenningsordningar for høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning (fagskuleutdanning) og fag- og yrkesopplæring (vidaregåande skule). Innanfor høgare utdanning er det dessutan etablert spesialordningar for å vurdera kompetansen til flyktningar og andre som ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på utdanninga si. I ei årrekke fram til og med 2017 var det til dels kraftig søknadsvekst kvart einaste år. Arbeidsinnvandring frå EØS-land og flyktningar, særleg etter flyktningkrisa i 2015, har stått for brorparten av veksten. I 2018 har søknadstala gått til dels betydeleg ned, og det meste tyder på at søknadstoppen er nådd.
Tabell 11.2 Utvalde volumtal – utanlandsk utdanning
2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|
Talet på søknader om godkjenning av høgare utdanning | 7 651 | 8 623 | 7 014 |
Talet på søknader om godkjenning av fag- og yrkesopplæring | 90 | 703 | 665 |
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid, slik søkaren opplever han, frå ein søknad blir send inn og til NOKUT har ekspedert vedtaket, var i 2018 rundt tre månader (93 dagar). Dette er det same som i 2017. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid frå ein søknad var komplett og sett i behandling, var 22 dagar, mot 27 dagar i 2017. Det er stor variasjon i kor lang tid det tek å behandla ei sak. I saker med fullførte kvalifikasjonar frå europeiske land er saksbehandlingstida ofte berre nokre få dagar. I meir kompliserte saker frå land utanfor Europa, særleg i tilfelle der det er behov for verifisering av utdanningsdokumenta, kan saksbehandlingstida bli svært lang. Ei saksbehandlingstid på tre månader er akseptabel, men betydeleg lengre enn ønskeleg. Måltalet for 2018 var to månader. Årsaka er relativt høge restansar (søknader som ligg i kø) etter søknadstoppen i 2017. Dersom tendensen likevel held seg, vil vi sjå ein betydeleg nedgang i saksbehandlingstida i 2019.
Levekår
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt30,31
Innvandrarar er overrepresenterte i gruppa med vedvarande låginntekt. I treårsperioden 2015–17 var delen med vedvarande låginntekt blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre 28,4 pst. For befolkninga som heilskap, utan studentar, var delen med vedvarande låginntekt 9,6 pst. Delen med låginntekt har vore stabil i dei siste åra, men har over tid auka. Dei viktigaste forklaringane på at personar har låginntekt, finn vi i manglande eller liten yrkesaktivitet i hushaldet. Dette bidreg også til å forklare kvifor innvandrarar og særleg innvandrargrupper med liten yrkesaktivitet er spesielt utsette for låginntekt.
Kjønn
Vedvarande låginntekt er generelt vanlegare blant kvinner enn menn. Av heile befolkninga har 10,2 pst. av kvinnene og 8,9 pst. av mennene vedvarande låginntekt. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er forskjellen motsett og mindre. I perioden 2015–17 hadde 28,7 pst. av mennene låginntekt. For kvinner var delen 0,6 prosentpoeng lågare.
Alder
I befolkninga er det minst vanleg å ha vedvarande låginntekt blant dei som er i alderen 35–66 år. Delen er noko høgare for unge i etableringsfasen mellom 18–34 år og eldre på 67 år eller meir, der dei fleste har gått ut av arbeidslivet. Delen blant barn i alderen 0–17 år er om lag på gjennomsnittet for befolkninga elles. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er vedvarande låginntekt mest utbreidd blant barn under 18 år. Heile 38 pst. budde i hushald med vedvarande låginntekt i perioden 2015–17. For unge i etableringsfasen er delen om lag dobbelt så stor som for unge i befolkninga i alt. I alderen 35–66 år har om lag ein av fem vedvarande låginntekt i perioden. Skilnadene mellom aldersgrupper kan skyldast fleire faktorar, der den viktigaste er forskjellar i yrkesaktivitet. Det at så mange barn er utsette, kjem i hovudsak av at dei høyrer til relativt store hushald med låg yrkesdeltaking.
Butid og landbakgrunn
Det er store forskjellar i delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn med vedvarande låginntekt når ein ser på mellom anna butid og landbakgrunn.
Det er ein klar samanheng mellom butid og låginntekt. Årsaka er at det tek tid å bli integrert, spesielt på arbeidsmarknaden. Innvandrarar med kort butid har stort sett mindre tilknyting til arbeidsmarknaden enn dei som har budd lenger i landet. 55,9 pst. av alle innvandrarar med kort butid (tre år) tilhøyrde hushald med vedvarande låginntekt i treårsperioden 2015–17. Blant dei med lang butid (ti år eller meir) var det 21,0 pst. som gjorde det same, men framleis har innvandrarar med lang butid ein klart større risiko for låginntekt enn snittet i befolkninga.
Risikoen for å vere i låginntektsgruppa er høgare for innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika samanlikna med innvandrarar frå Norden, Vest-Europa unnateke Tyrkia, Nord-Amerika og Oseania. I førstnemnde gruppe var delen med vedvarande låginntekt i perioden 2015–17 samla på 31,5 pst., og 25,0 pst. for dei med butid over ti år. Delen for dei frå Norden osv. var samla på 13,6 pst., og 9,1 pst. for dei med over ti års butid. Einskilde landgrupper har relativt høg del med låginntekt også etter lang butid i Noreg. I treårsperioden 2015–17 hadde om lag seks av ti innvandrarar med bakgrunn frå Somalia med butid på ti år eller meir låginntekt. Låginntektsdelen for innvandrarar med bakgrunn frå Irak (43,7 pst.), Syria (42,9 pst.) og Afghanistan (37,0 pst.) med butid på ti år eller meir var også høg. Nokre landgrupper, mellom anna Filippinane og India, og dels Vietnam og Sri Lanka, skil seg ut med ein relativt liten del med låginntekt blant dei med lang butid.
Delen barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt
Barn som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, er langt meir utsette for å vekse opp i hushald med vedvarande låginntekt enn andre barn. Delen og talet på barn i hushald med vedvarande låginntekt har auka over tid. Delen med vedvarande låginntekt i perioden 2015–17 var 10,7 pst. for alle barn, og 38,0 pst. for dei med innvandrarbakgrunn. Den store delen med låginntekt i innvandrarbefolkninga generelt, kombinert med ei større innvandrarbefolkning, har ført til at innvandrarbarn etter 2012 har utgjort fleirtalet av alle barn i låginntektshushald. I 2017 hadde 55 pst. av alle barn i gruppa med vedvarande låginntekt innvandrarbakgrunn.
Det er store variasjonar i delen barn i låginntektshushald ut ifrå kva landbakgrunn barna har. Åtte av ti barn med bakgrunn frå Somalia og Syria tilhøyrde ein familie med vedvarande låginntekt i treårsperioden 2015–17. Låginntektsdelen for barn med bakgrunn frå Irak (55,9 pst.), Eritrea (53,2 pst.) og Afghanistan (51,7 pst.) er også høg. Dette er barn som har kome til Noreg som flyktningar eller er fødde i landet av flyktningforeldre. Dei tilhøyrer ofte barnerike familiar med svak yrkestilknyting og som i stor grad er mottakarar av ulike offentlege stønader. Blant barn med bakgrunn frå land som India, Bosnia, Sri Lanka, Filippinane og Vietnam er delen langt lågare (mellom 9,8 og 18,9 pst.).
Kor mange med innvandrarbakgrunn er vanskelegstilte på bustadmarknaden?
Tabell 11.3 Statistikk for bustadforhold, 2015–18
Opphavsland | År | Del som leiger, pst. (fordeling menn/kvinner i parentes) | Del som eig, pst. (fordeling menn/kvinner i parentes) | Del som bur trongt, pst. (fordeling menn/kvinner i parentes) |
---|---|---|---|---|
Innvandrarar frå EU/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand | 2018 | 39,4 (m 44,5 / k 34,3) | 60,6 (m 55,5 / k 65,7) | 16,7 (m 17,1 / k 16,2) |
2017 | 41,1 | 58,9 | 17,2 | |
2016* | 41,5 | 58,5 | 17,7 | |
2015* | 41,3 | 58,7 | 17,8 | |
Innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU/EØS | 2018 | 43,4 (m 47,7 / k 39,0) | 56,7 (m 52,3 / k 61,0) | 30,3 (m 32,3 / k 29,3) |
2017 | 42,6 | 57,4 | 30,1 | |
2016* | 41,4 | 58,6 | 30,2 | |
2015* | 40,3 | 59,7 | 30,5 | |
Norskfødde med innvandrarforeldre | 2018 | 31,9 (m 31,6 / k 32,2) | 68,1 (m 68,4 / k 67,8) | 41,4 (m 40,8 / k 41,9) |
2017 | 31,5 | 68,5 | 41,9 | |
2016* | 31,1 | 68,9 | 42,4 | |
2015* | 30,2 | 69,8 | 44,0 | |
Resten av befolkninga | 2018 | 13,4 (m 13,0 / k 13,7) | 86,6 (87,0 / k 86,3) | 6,9 (m 7,0 / k 6,7) |
2017 | 13,3 | 86,7 | 7,0 | |
2016* | 13,1 | 86,9 | 7,1 | |
2015* | 13,2 | 86,8 | 7,2 |
* Tala for 2015 og 2016 blei retta 28.05.2018 på grunn av ei revidering i registeret over bustadar.
Leige og eige
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som eig bustaden sin, er framleis vesentleg lågare enn for resten av befolkninga, der omkring 87 pst. eigde i 2018. Det er samstundes skilnader mellom innvandrargrupper når det gjeld delen som leiger og eig. Tal frå SSB viser at gruppa med den lågaste delen som eig, er innvandrarar frå Asia, Afrika osv., med omkring 57 pst. i 2018. Blant norskfødde med innvandrarforeldre var eigardelen vesentleg høgare, med omkring 68 pst. For begge desse gruppene er det ein viss nedgang i delen som eig, og ein auke i delen som leiger. Gruppa som bryt med dette bildet, er innvandrarar frå EU/EØS osv., der delen som eig, auka med nesten 2 pst. frå 2017 til 2018, til omkring 61 pst.
Forklaringa på kvifor ein lågare del av innvandrarbefolkninga eig samanlikna med resten av befolkninga, er samansett. Ein sentral del av forklaringa er inntekt. Innvandrarbefolkninga tener i snitt mindre enn resten av befolkninga; innvandrarar har oftare svakare tilknyting til arbeidsmarknaden, har oftare lågare lønn, og har oftare lavt lønna arbeid.32 Normann33 peikar også på at innvandrarar oftare bur i store byar, der det er vanlegare å leige enn å eige samanlikna med andre stadar i landet. Ein annan del av forklaringa er at det er ein større del unge i innvandrarbefolkninga, og det er meir sannsynleg at unge leiger. Årsaka er mellom anna at unge personar oftare er under utdanning enn i jobb, og oftare bur åleine framfor å ha etablert familie, og det er generelt ein lågare del åleinebuarar som eig. Blant befolkninga totalt sett er den høgaste eigardelen i aldersgruppa 40–49 år, medan han er enda seinare for personar med innvandrarbakgrunn.
Innvandringsårsak har mykje å seie for kor sannsynleg det er å bli bustadeigarar. Arbeidsinnvandrarar blir oftare eigarar enn flyktningar, også etter lengre butid. Dei største gruppene arbeidsinnvandrarar kjem ifrå EU-land; dette kan vere ei forklaring på kvifor eigardelen har auka i denne innvandringsgruppa.
Norskfødde med innvandrarforeldre har betre økonomiske føresetnader enn foreldra; dette er ei viktig forklaring på kvifor eigardelen er høgare i denne gruppa enn i dei to innvandrargruppene. Årsaka til at andelen framleis er lågare enn for resten av befolkninga, er mellom anna at det er ein høgare del unge blant dei norskfødde med innvandrarforeldre.
Det er store kjønnsskilnader blant innvandrarar i kven som eig og leiger. Omkring 10 pst. fleire kvinner enn menn frå EU/EØS osv. og Asia, Afrika osv. eig bustaden sin. Blant norskfødde med innvandrarforeldre og nordmenn elles er det små kjønnsskilnader, der omkring 1 pst. fleire menn enn kvinner eig. Årsaka til at ein høgare del kvinnelege enn mannlege innvandrarar eig, kan vere at kvinner oftare kjem til Noreg gjennom familiegjenforeining og etablerer seg med ein person som allereie er bustadeigar. Blant dei som kjem til landet for å stifte familie, gjer fleirtalet det med ein person som sjølv ikkje er innvandrar, og sju av ti av desse er kvinner34.
Over tid aukar delen innvandrarar som eig bustaden sin, monaleg, og etter 25 år i Noreg er delen nesten lik som for resten av befolkninga. Tala viser til og med at etter 25 års butid eigde 88,9 pst. av kvinner frå EU/EØS osv. bustaden sin i 2018; dette er ein høgare eigardel enn i resten av befolkninga. Det tek lengre tid for menn frå Asia, Afrika osv. å bli eigarar, og sjølv etter 25 år ligg dei under eigarnivået til resten av befolkninga, med omkring 81 pst. i 2018.
Det tek tid å etablere seg på bustadmarknaden. Dette er ei viktig forklaring på auken i eigardelar etter lengre butid (Normann 2017). Forskjellen mellom innvandrargruppene har mellom anna samanheng med at arbeidsinnvandrarar oftast eig etter lang butid, og at dei som ikkje eig, vel å utvandre igjen etter 10–15 år.
Å bu trongt
Innvandrarar bur oftare trongt35 samanlikna med resten av befolkninga. Medan 6,9 pst. budde trongt i befolkninga utan innvandrarbakgrunn i 2018, var delen 41,4 pst. blant norskfødde med innvandrarforeldre. For innvandrarar frå Asia, Afrika osv. var delen 30,3 pst., og for innvandrarar frå EU/EØS osv. var delen 16,7 pst. Sidan 2015 har det samstundes vore ei viss nedgang i delen innvandrarar som bur trongt. Norskfødde med innvandrarforeldre har hatt størst nedgang, med 2,6 pst. reduksjon frå 2015 til 2018. Delen som bur trongt blant innvandrarar frå EU/EØS osv., er redusert med omkring 1 pst.
Forklaringa på at større delar innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre bur trongt, følger i stor grad same mønster som forklaringa på eigartilhøva.36 Lågare inntektsnivå, høgare del som bur i store byar, og ein høgare del unge er viktige faktorar som gjer den delen som bur trongt, større. Det er også interessant å merke seg at Vrålstad (2018) fann at mange norskfødde med innvandrarforeldre ikkje sjølve opplever at dei bur trongt, sjølv om dei gjer det ut frå objektive mål.
Kjønnsskilnadene er ganske små blant innvandrargruppene når det handlar om å bu trongt. Det er ein litt større del menn enn kvinner som bur trongt blant innvandrarar frå EU/EØS osv. og Afrika, Asia osv., medan det er motsett blant norskfødde med innvandrarforeldre.
Som med eigerskap har butid mykje å seie for delen innvandrarar som bur trongt. Etter 25 år er delen innvandrarar frå EU/EØS osv. som bur trongt, redusert til eit lågare nivå enn for resten av befolkninga, med 3,1 pst. i 2018. Blant innvandrarar frå Asia, Afrika osv. er delen som bur trongt, halvert etter 25 år. Det er samstundes ein monaleg høgare del i denne gruppa som sjølv etter 25 år bur trongt samanlikna med resten av befolkninga. Medan 6,9 pst. av nordmenn flest budde trongt i 2018, var delen 19 pst. blant innvandrarar frå Asia, Afrika osv. som har budd i Noreg i minst 25 år.
Alder og familieforhold er med på å forklare kvifor delen innvandrarar som bur trongt, fell over tid. Barnefamiliar bur trongare enn andre hushald, så når barna flyttar ut, får foreldra betre plass. Generelt blir levekåra til innvandrarar betre over tid. Årsaka til at ein større del innvandrarar frå Asia, Afrika osv. framleis bur trongt etter minst 25 år, handlar mellom anna om at fleire framleis er dårlegare økonomisk stilt enn resten av befolkninga, og at fleire bur i større byar (Normann 2017).
Frivilligheit og deltaking i samfunnet
Delen med innvandrarbakgrunn blant studentane i barnehagelærarutdanninga
Delen studentar med innvandrarbakgrunn på barnehagelærarstudiet har auka i dei siste tre åra. Av nesten 8 500 studentar i 2018 utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 13 pst., høvesvis 10 pst. som sjølve har innvandra, og 3 pst. norskfødde med innvandrarforeldre. Delen med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga er omtrent lik blant mannlege og kvinnelege studentar.
Ei undersøking om statusen til barnehagelæraryrket frå 201437 viste at respondentane plasserer yrket på ein 11. plass av 12 yrke, der butikkmedarbeidar kom på sisteplass. På topp ligg lege, advokat og ingeniør, men også toppidrettsutøvar, politi, journalist, lærar i skulen, sjukepleiar, handverkar og saksbehandlar i offentleg sektor har høgare skår enn barnehagelærar. Denne statusoppfatninga kan vere ei årsak til at ungdom med innvandrarbakgrunn, og då kanskje særleg dei som er fødde i Noreg, ikkje søker barnehagelærarutdanning, men heller orienterer seg mot andre yrke. Det er likevel barnehagelærarutdanninga som har størst del studentar med innvandrarbakgrunn (13 pst.) samanlikna med studentar på andre lærarutdanningar (8 pst.).
Delen med innvandrarbakgrunn blant studentar i lærarutdanningar retta mot arbeid i grunnopplæringa
Av nesten 22 000 studentar som utdanna seg til å bli lærar i skulen i 2018, var det berre 8 pst. med innvandrarbakgrunn. Delen med innvandrarbakgrunn som tek slike utdanningar, har likevel auka litt i dei siste tre åra. Dette gjeld både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.
Lærarutdanningane i figuren over er allmenn-/grunnskulelærarutdanning inkludert masterutdanning for grunnskulelærarar (GLU 1–7 og 5–10), fag- og yrkesfaglærarutdanning, lektorutdanning 8–13 og praktisk-pedagogisk utdanning.
Utfordringane med rekruttering er størst for grunnskulelærarutdanningane, medan søkinga til dei lærarutdanningane som rekrutterer til arbeid i vidaregåande opplæring, aukar. Undersøkingar Norstat gjennomførte for Kunnskapsdepartementet i perioden 2009–14, viste at statusen til læraryrket blir vurdert som ein del lågare enn for mellom anna advokat, lege og ingeniør, på same måte som for barnehagelærar. Forsking har vist at unge med innvandrarbakgrunn i Noreg er spesielt opptekne av yrke som gir god inntekt og høg prestisje i samfunnet, slik som legar, advokatar og liknande.38 Når arbeid i barnehagen og skulen blir vurdert til å ha lågare status enn desse yrka, kan det vere ei årsak til at ungdom med innvandrarbakgrunn ikkje søker på lærarutdanning. På den andre sida er det eit minstekrav til karakteren 3 i norsk og 4 i matematikk for å kunne bli teken opp til dei fleste lærarutdanningane for skulen. Dette kan vere eit mogleg hinder for unge som sjølve har innvandra, og som har hatt kort tid på å lære seg norsk.
Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn innanfor kultur- og mediesektoren
Av alle arbeidstakarar i kultur- og mediesektoren i 2018 har 10 pst. innvandrarbakgrunn. Av desse er 54 pst. kvinner og 46 pst. menn.
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant tilsette i barnehagane
I 2018 var det registrert om lag 94 600 sysselsette i barnehagane når kategorien «anna personell» (yrkesgrupper som vaktmeister, rengjeringsarbeidar m.m.) er halden utanfor. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2018 om lag 15 pst. av personalet som arbeider direkte med barna, og dei aller fleste av desse har sjølv innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde berre 1 pst. av dei tilsette. I dei siste tre åra har delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka frå 14 pst. i 2016 til 15 pst. i 2018. Det kjem i hovudsak av at det no er fleire kvinner med innvandrarbakgrunn i yrket. 90 pst. av dei tilsette i barnehagen er kvinner.
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet i grunnskular og vidaregåande skular
Delen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt større for fylkeskommunale vidaregåande skular enn for dei kommunale grunnskulane. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Delen med innvandrarbakgrunn blant det mannlege undervisningspersonalet i kommunale grunnskular er litt større enn blant det kvinnelege personalet. I fylkeskommunale vidaregåande skular er det omvendt, der delen med innvandrarbakgrunn blant det kvinnelege undervisningspersonalet er høgare enn blant det mannlege. Det har vore ein svak auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei siste tre åra, både i kommunale grunnskular og i fylkeskommunale vidaregåande skular.
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre tilsette i barnevernet
I 2018 var det til saman 18 336 tilsette i barnevernet. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn (inkludert norskfødde med to foreldre som har innvandra) i barnevernet har auka jamt sidan 2008, frå 4,7 pst. i 2008 til 8,5 pst. i fjerde kvartal 2018. Det var til saman 1 559 tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn (inkl. norskfødde med innvandrarbakgrunn) i 2018. Veksten var særleg sterk frå 2015 til 2016, då delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka med 1,3 prosentpoeng. Endringa frå 2017 til 2018 var liten. I same periode har delen med innvandrarbakgrunn i befolkninga auka frå 10,6 pst. til 17,7 pst. Auken blant tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernet har såleis vore lågare enn i befolkninga elles.
I statistikken frå SSB er tilsette med innvandrarbakgrunn delt inn etter om dei kjem frå EØS-landa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand eller andre verdensregionar, det vil seie Aust-Europa utanom EU, Asia, Afrika og Latin-Amerika. Veksten blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn var særleg sterk blant tilsette i barnevernet med bakgrunn frå Asia, Afrika, Aust-Europa utanom EU, og Latin-Amerika. I 2008 utgjorde denne gruppa 51 pst. av dei tilsette med innvandrarbakgrunn, medan dette var auka til 66 pst. i 2018.
I 2018 var det 4 701 menn og 13 635 kvinner som var tilsette i barnevernet. Delen menn som er tilsette i barnevernet, har i dei siste ti åra vore stabil på om lag 25 pst. Kjønnsdelinga er mykje jamnare blant tilsette med innvandrarbakgrunn, der nær halvparten er menn (46 pst. i 2018).
Valdeltaking blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre ved siste stortingsval
Valdeltaking samanlikna med den generelle valdeltakinga blant innbyggarane
Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå deltok 55 pst. av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, det vil seie innvandrarar og personar fødde i Noreg med innvandrarforeldre, ved stortingsvalet i 2017. Det er ein svak auke frå valdeltakinga ved førre stortingsval i 2013, som var på 54 pst. Valdeltakinga blant innvandrarar var 23,2 prosenteiningar lågare enn den generelle valdeltakinga blant innbyggarane (78,2 pst.).
Valdeltaking etter kjønn
Valdeltakinga blant innvandrarar etter kjønn varierer med landbakgrunn. Valdeltakinga er 6 prosenteiningar høgare for menn med innvandrarbakgrunn frå Sri Lanka enn for kvinner med same bakgrunn. Mannlege veljarar med innvandrarbakgrunn frå Pakistan, Tyrkia og Afghanistan stemmer også i noko større grad enn kvinnelege veljarar med same bakgrunn. Når det gjeld veljarar med bakgrunn frå Filippinane, Thailand og Russland, stemmer kvinnene i mykje større grad enn mennene. Valdeltakinga for mannlege veljarar med landbakgrunn frå Russland var 38 pst., medan valdeltakinga for kvinnelege veljarar med same landbakgrunn var 55 pst.
Valdeltakinga varierer etter landbakgrunn. Valdeltakinga blant innvandrarar frå Vest-Europa o.l. gjekk ned frå 74 til 71 pst. Blant innvandrarar frå austeuropeiske EØS-land gjekk valdeltakinga opp frå 53 til 54 pst. Valdeltakinga blant innvandrarar frå Afrika, Asia o.l. auka frå 51 til 54 pst. Av dei 15 største landa har Sri Lanka høgast valdeltaking med 63 pst., medan Kosovo har den lågaste med 36 pst. Samanlikna med stortingsvalet i 2013 er det størst auke i valdeltakinga hos personar med landbakgrunn frå Irak, Iran og Afghanistan.
Valdeltaking etter butid
Tabellen under viser valdeltakinga blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre fordelt på butid i Noreg.
Tabell 11.4 Valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn fordelt på kjønn og butid. Stortingsvalet 2017. Prosent
Butid | ||||
---|---|---|---|---|
0–9 år | 10–19 år | 20–29 år | 30 år og over | |
Norske statsborgarar, innvandrarar | ||||
I alt | 53 | 53 | 53 | 63 |
Menn | 55 | 52 | 50 | 62 |
Kvinner | 51 | 54 | 55 | 65 |
Norske statsborgarar, norskfødde med innvandrarforeldre | ||||
I alt | 56 | 52 | 66 | |
Menn | 53 | 48 | 64 | |
Kvinner | 60 | 56 | 68 |
Kjelde: SSB
Valdeltaking blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre ved siste lokalval
Valdeltaking samanlikna med den generell valdeltakinga blant innbyggarane
Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå deltok 40,4 pst. av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015. Valdeltakinga blant norske statsborgarar med innvandrarforeldre var på 38,4 pst. i 2015. Til samanlikning var valdeltakinga i heile befolkninga 60,2 pst. ved lokalvalet i 2015.
Valdeltaking etter kjønn
I kategorien norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn var det i 2015 39,6 pst. menn og 41,1 pst. kvinner som stemde ved lokalvalet i 2015. I kategorien norskfødde med innvandrarforeldre var valdeltakinga 35,3 pst. for mannlege veljarar og 41,6 pst. for kvinnelege veljarar.
Valdeltaking etter butid
Tabellen under viser valdeltakinga fordelt på butid og kjønn ved valet i 2015:
Tabell 11.5 Valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn og kjønn. Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. Prosent
Butid | ||||
---|---|---|---|---|
0–9 år | 10–19 år | 20–29 år | 30 år og over | |
Norske statsborgarar, innvandrarar | ||||
I alt | 31 | 37 | 41 | 55 |
Menn | 31 | 36 | 40 | 54 |
Kvinner | 32 | 37 | 42 | 56 |
Norske statsborgarar, norskfødde med innvandrarforeldre | ||||
I alt | 39 | 34 | 50 | |
Menn | 35 | 31 | 48 | |
Kvinner | 43 | 38 | 53 | |
Utanlandske statsborgarar | ||||
I alt | 21 | 36 | 42 | 54 |
Menn | 18 | 34 | 37 | 50 |
Kvinner | 26 | 38 | 46 | 59 |
Kjelde: SSB
Tilsette i offentleg sektor
Det statlege tariffområdet omfattar departementa og dei underliggande verksemdene. Delen statstilsette med innvandrarbakgrunn var i 4. kvartal 2018 på 12,1 pst. Dette omfattar både gruppe 1 og gruppe 2. Delen statstilsette med bakgrunn frå gruppe 1 (EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand) var på 5,8 pst. På same tidspunkt var delen statstilsette frå gruppe 2 (Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oseania utanom Australia og New Zealand) på 6,3 pst. Frå landgruppe 2 utgjer delen menn 6,5 pst. og kvinner 6,2 pst.
Tala er frå SSBs registerbaserte sysselsetjingsstatistikk.
Fotnotar
Frå og med 4. kvartal 2017 har SSB gått over til å sjå på alderspopulasjonane 20–-66 år i arbeidsmarknadsstatistikken, i staden for 15–-74 år, som blei nytta tidlegare. Denne rapporteringa vil framleis sjå på populasjonen 15–-74 år for å kunne samanlikne med tidlegare år.
Bratsberg, B., Raaum, O. og Røed, K. (2016): Flyktninger på det norske arbeidsmarkedet. Søkelys på arbeidslivet. Nr. 3, 2016, Årgang 33.
Meld. St. 29 (2016–2017) Perspektivmeldingen 2017.
NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring. Tiltak for økt sysselsetting.
Integrering gjennom kunnskap. Regjeringens integreringsstrategi 2019–2022. Kunnskapsdepartementet.
Bratsberg, B., Raaum, O. og Røed, K. (2017): Immigrant labour market integration across admission classes. Nordic Economy Policy Review – Labour Market Integration in the Nordic Countries 2017.
Næsheim, Helge Nome (2016): Arbeid – mål og arena for integrering. Samfunnsspeilet 4/2016.
Oxford Research (2018): Nylända kvinnors etablering. En komparativ studie av nylända kvinnors etablering på arbetsmarknaden i Norden och de etableringspolitiska insatserna. TemaNord 2018: 520, Nordiska Ministerrådet.
NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring. Tiltak for økt sysselsetting.
NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring. Tiltak for økt sysselsetting.
Kirkeberg, Mads Ivar mfl. (2019).): Norskfødte med innvandrerforeldre – hvordan går det med dem? Demografi, utdanning og inntekt. Rapporter 2019/21. SSB.
Yrkestilknyting målt etter yrkesinntekt høgare enn to gongar folketrygda sin grunnsum. SSB.
Kirkeberg, Mads Ivar mfl. (2019).): Norskfødte med innvandrerforeldre – hvordan går det med dem? Demografi, utdanning og inntekt. Rapporter 2019/21. SSB.
I 2018 gjennomførte NAV fleire endringar som har ført til eit brot i tidsserien i ARENA-registeret, som er talgrunnlaget for registrerte arbeidsledige blant innvandrarar. Tal på registrerte arbeidsledige blant innvandrarar før endringane kan derfor ikkje samanliknast direkte med tal etter innføringane. Effekten av endringane er ikkje endeleg kartlagd, og dei kan slå ulikt ut for forskjellige grupper. Kjelde: SSB.
SSB analyse 2018/23: Innvandrere utenfor arbeidsmarkedet. SSB
Bråten, B. mfl. (2014): Gratis kjernetid i barnehager. Sluttrapport. Fafo-rapport 2014:44, Drange, N. (2016): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 1: Oppfølging av barna på tredje trinn. SSB Rapporter 2016/36.
Drange, N. (2018): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 2: Oppfølging av barna på femte trinn. SSB Rapporter 2018/34.
Bakken, A. og Elstad, J.I. (2012): For store forventninger? NOVA Rapport nr. 7/12.
Bakken, A. (2014): Ulike perspektiver på skuleresultatene til barn og unge med innvandringsbakgrunn. Oslo, NOVA.
Bakken, A. og Hyggen, C (2018): Trivsel og utdanningsdriv blant minoritetselever i videregåede. NOVA Rapport nr. 1/18
Drange, N. (2016): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 1: Oppfølging av barna på tredje trinn. SSB Rapporter 2016/36.
Drange, N. (2018): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 2: Oppfølging av barna på femte trinn. SSB Rapporter 2018/34.
Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskild norskopplæring kan få fritak frå nasjonale prøvar.
T.d. Wiborg, Ø., Arnesen, C.Å., Grøgaard, J.B., Støren, L.A. og Opheim, V. (2011): Elevers prestasjonsutvikling – hvor mye betyr skolen og familien? Rapport 35/2011, Oslo, Nifu Step.
Sjå SSB i Utdanningsdirektoratet (2017): Innvandrere i grunnopplæringen.
Markussen, E. og I. Seland (2012): Å redusere bortvalg – bare skolenes ansvar? En undersøkelse av bortvalg ved de videregående skolene i Akershus fylkeskommune skoleåret 2010–2011. Rapport 6/2012. Oslo, Nifu Step.
Falch, T., L.-E. Borge, P. Lujala, O.H. Nyhus og B. Strøm (2010): Årsaker til og konsekvenser av manglende fullføring av videregående opplæring. Rapport nr. 03/10, Trondheim, SØF.
Bakken, A. (2014): Ulike perspektiver på skoleresultatene til barn og unge med innvandringsbakgrunn. Oslo, NOVA.
Bakken, A. (2003): Minoritetspråklig ungdom i skolen. Reproduksjon av ulikhet eller sosial mobilitet? Rapport 15/2003, Oslo, NOVA.
Bakken, A. og Hyggen, C. (2018): Trivsel og utdanningsdriv blant minoritetselever i videregående. NOVA Rapport nr. 1/18.
NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet.
SSB.
Diku: Tilstandsrapport for høyere utdanning 2019. Rapportserie 5/2019.
Statistisk sentralbyrå, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger.
Jon Epland (2018). Flere barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt
IMDi (2019): Levekår.
Normann, Tor Morten (2017): Lavere eierandel blant innvandrerne. SSB.
Dzamarija, Minja Tea og Toril Sandnes (2016): Familieinnvandring og ekteskapsmønster 1990–2015. SSB rapport 2016/39.
Å bu trongt er definert som 1) aleinebuande med eitt opphaldsrom, 2) hushald med fleire personer enn det er opphaldsrom, eller 3) hushald som har mindre enn 20 kvadratmeter bustadareal (p-areal) per person i hushaldet.
SSB (2017): Én av ti bor trangt.
Kampanjeundersøkelsen (2014): Barnehagelæreryrkets status i Norge.
Bakken, A. (2014): Ulike perspektiver på skuleresultatane til barn og unge med innvandringsbakgrunn. Oslo, NOVA.