Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapitler: 1800–1840, 2440 og 2490 Inntektskapitler: 4800–4820, 5440, 5490, 5582, 5680 og 5685

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særskilde tema

6 Prosjekt under utbygging

Alle prosjekt på norsk sokkel må levere ein plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) til godkjenning hos styresmaktene for høvesvis utbygging av ein petroleumsførekomst eller bygging av eit anlegg før transport og utnytting av petroleum skjer.

I dette kapitlet er det gitt ei omtale av utviklinga for dei prosjekta der PUD/PAD er godkjent av styresmaktene, men der prosjekta framleis er under utbygging eller sidan fjorårets rapportering har komme i produksjon. Departementet har henta inn oppdaterte opplysningar frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta som bakgrunn for omtala. Rapporteringa inneheld oppdaterte opplysningar per august 2019.

Fem prosjekt er ferdigstilt og sett i produksjon etter 1. august 2018; Oseberg Vestflanken 2, Oda, Ekofisk 2/4 VC, Trestakk og Aasta Hansteen.

Kostnadsoverslaga i PUD/PAD har eit usikkerheitsspenn på +/- 20 prosent. Berre eit lite mindretal prosjekt på norsk sokkel endar opp med utbyggingskostnader utanfor usikkerheitsspennet som er oppgitt i PUD. 20 av 24 prosjekt som no er under utbygging har kostnadsanslag innanfor usikkerheitsspennet. To prosjekt er på oversida, medan to prosjekt har kostnadsanslag som ligg på undersida av usikkerheitsspennet. Sett under eitt for alle prosjekta er dei totale investeringane 4,3 mrd. kroner lågare enn det som vart rapportert ved innlevering av PUD/PAD, noko som er ein reduksjon på 1 prosent.

Eit høgare investeringsnivå treng nødvendigvis ikkje å vere negativt for lønnsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka inntekter, kan det medverke til høgare verdiskaping frå prosjektet.

I 2018 mottok departementet tre utbyggingsplanar: Nova-feltet, Troll fase 3-prosjektet og Sverdrup-feltets andre byggetrinn. Hittil i 2019 er det levert inn nye utbyggingsplanar for Solveig- og Duva-felta, og prosjekta Gullfaks Shetland/Lista fase 2 og Tor II1.

Utbyggingar på norsk sokkel kjøper inn varer og tenester frå ein internasjonal marknad. Utviklinga i prisane på varer og tenester ved utbyggingar på norsk sokkel er derfor i betydeleg grad påverka av internasjonale forhold. Dei siste åra har krona svekt seg. Målt i norske kroner har difor dei delane av prosjektet der kostnadene har vore i utanlandsk valuta auka. Dette utgjer ein betydeleg auke i investeringsanslaget til fleire prosjekt.

Endringar i prosjekta

Oversikt over skilnaden mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per august 2019, og endringa i investeringsoverslaget sidan fjorårets rapportering i Prop. 1 S (2018–2019) for Olje- og energidepartementet, går fram av tabell 6.1 og 6.2.

Samla sett har prosjekta som er under utbygging no anslegne investeringar på om lag 371 mrd. kroner mot 374 mrd. kroner i PUD/PAD. Tilsvarande har prosjekta som er sett i produksjon siste året oppdaterte investeringar på om lag 57 mrd. kroner mot 58 mrd. kroner i PUD/PAD.

Som det går fram av tabellane under betyr dette ikkje at alle prosjekt har gått som planlagt. Porteføljen inneheld både prosjekt med vesentleg reduserte investeringar og andre med betydeleg auke.

Basert på innrapportering har departementet berekna internrenta for prosjektporteføljen, og verdien av å føre vidare prosjekta.

Internrenta for eit prosjekt/ei gruppe av prosjekt er definert som den renta som gjer netto noverdi lik null. Noverdi er verdien i dag av historiske og framtidige kontantstraumar. Dei historiske kontantstraumane er kjende, mens dei framtidige er anslått basert på oppdaterte forventningar. Internrenta er òg eit prosentmål på avkastning på investeringa. Internrenta tilsvarar det avkastningskravet som gjer noverdi lik null. Investeringar med internrente høgare enn avkastningskravet er lønnsame. Internrenta til den samla porteføljen av prosjekt under utbygging frå PUD-tidspunkta er berekna til 28 prosent.

Verdien ved å føre vidare prosjektporteføljen er berekna ved noverdien til dei framtidige forventa kontantstraumane frå prosjekta. Allereie gjennomførte investeringar (og eventuelt produksjon) kan ikkje påverkast og er difor ikkje inkludert i berekninga av verdien ved å føre vidare prosjekta. Samla har prosjekta under utbygging ein berekna forventa noverdi framover på 1 307 mrd. kroner med sju prosent kalkulasjonsrente reelt før skatt, og 1 654 mrd. kroner med fire prosent kalkulasjonsrente. Noverdien må vere positiv før utbyggingane er lønsame å føre vidare.

Tabell 6.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2019-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor

Totalendring

Totalendring i prosent

Martin Linge

2012

30 363

56 094

7 917

25 731

85

Johan Sverdrup I

2015

129 667

98 230

-1 923

-31 437

-24

Njord future

2017

15 799

20 292

4 390

4 493

28

Bauge

2017

4 112

3 691

-158

-421

-10

Utgard

2017

3 391

2 853

-205

-538

-16

Dvalin

2017

10 941

10 737

-88

-204

-2

Johan Castberg

2018

49 453

49 037

-791

-416

-1

Snorre Expansion Project (SEP)

2018

20 182

19 657

-246

-525

-3

Troll fase 3 step 1

2018

7 801

7 573

-228

-3

Skogul

2018

1 557

1 763

203

206

13

Valhall Flanke Vest

2018

5 715

5 613

-102

-102

-2

Ærfugl

2018

8 659

7 942

-470

-717

-8

Fenja

2018

10 689

10 420

46

-269

-3

Nova

2018

9 828

9 767

-61

-1

Yme New Development

2018

8 622

9 254

453

632

7

Johan Sverdrup II

2019

43 063

43 665

602

1

Gullfaks Shetland/Lista fase 2

2019

2 230

2 230

0

Solveig

2019

6 493

6 493

0

Duva

2019

5 492

5 492

0

Sum

374 057

370 803

9 026

-3 254

-1

Tabell 6.2 Investeringsanslag, prosjekt som er ferdigstilt etter 1. august 2018

(i mill. 2019-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor

Totalendring

Totalendring i prosent

Aasta Hansteen

2013

35 359

37 757

-523

2 398

7

Oseberg Vestflanken 2

2016

8 585

6 967

338

-1 618

-19

Ekofisk 2/4 VC

2017

2 370

1 781

-529

-589

-25

Oda

2017

5 766

5 266

-500

-500

-9

Trestakk

2017

5 817

5 057

-299

-760

-13

Sum

57 897

56 828

-1 513

-1 069

-2

Nærare omtale av enkeltprosjekt

Prosjekt under utbygging

Utbyggingsprosjekta som fekk utbyggingsplanen godkjent i 2018 og 2019 er alle i tidleg utbyggingsfase, og har alle investeringsanslag godt innanfor usikkerheitsspennet i PUD. Det same gjeld Dvalin-utbygginga som vart godkjend i 2017.

Under er det gitt ei nærare omtale av dei seks enkeltprosjekta som framleis er under utbygging og i dag har forventa investeringar 10 prosent over eller under anslaget i PUD/PAD.

Njord future-prosjektet

Oppgradering av plattforma Njord A og lagerskipet Njord B som har vore brukt på feltet sidan oppstart utgjer ein stor del av Njord future-prosjektet. Njord future-prosjektet gjer mogeleg også dei pågåande utbyggingane av Bauge- og Fenja-felta.

Investeringsanslaget for prosjektet har auka med 4 493 mill. kroner eller 28 prosent sidan PUD. Auken har skjedd frå i fjor og skuldast at arbeidet med levetidsforlenging og oppgradering med tilhøyrande prosjektering på Njord A og Njord B har vore meir omfattande enn føresett. På Njord A er det no også nødvendig med arbeid på område der dette ikkje var planlagt opphavleg, og dette påverkar produktiviteten negativt. Njord A og Njord B er òg venta å segle seinare frå verfta enn opphavleg anteke, noko som også er med på å auke kostnadane. Planlagt oppstart av produksjonen er framleis fjerde kvartal 2020.

Bauge-utbygginga

Bauge-feltet er ei utbygging som skal koplast opp mot Njord A-plattforma og utbygginga skjer i parallell med Njord future-prosjektet.

For utbygginga av Bauge er det rapportert ein reduksjon i investeringsanslaget på 421 mill. kroner eller 10 prosent sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er investeringsanslaget redusert med 158 mill. kroner. Mesteparten av reduksjonane sidan PUD skuldast at sentrale kontraktar er tildelte på lågare verdiar enn det som vart lagt til grunn i PUD.

Skogul-utbygginga

Skogul-utbygginga er ei havbotnutbygging som skal koplast til Alvheim-feltet via Vilje-feltet.

I Skogul-utbygginga er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på 206 mill. kroner eller 13 prosent sidan PUD. Auken har i all vesentleg grad skjedd siste året og skuldast i hovudsak auke i talet boredagar, høgare riggrate, og ekstra utstyr i brønnen.

Utgard-utbygginga

Utgard-utbygginga er ei havbotnutbygging inn mot Sleipner-feltet.

I Utgard-utbygginga er investeringsanslaget redusert med 538 mill. kroner eller 16 prosent sidan PUD, vel 200 mill. kroner av reduksjonen har skjedd siste året. Reduksjonen skuldast hovudsakleg lågare kontraktprisar og betre boreeffektivitet enn lagt til grunn i PUD.

Johan Sverdrup-feltet sitt byggetrinn I

Første byggetrinn av Johan Sverdrup-feltet omfattar blant anna fire plattformer og er Noregs største industriprosjekt på tiår.

I første byggetrinn av Johan Sverdrup-utbygginga er det rapportert om ein reduksjon i investeringsanslaget på 31 437 mill. kroner sidan PUD. Mesteparten av reduksjonane kjem som følgje av at alle dei store prosjekterings-, fabrikasjons- og installasjonskontraktane vart tildelte i ein marknadssituasjon med høg konkurranse i 2015 og 2016, og reduksjonar som følgje av effektiv og vellukka prosjektgjennomføring. Reduksjonen i investeringsanslaget sidan PUD er delvis motverka av svekt kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Sidan same rapportering i fjor er investeringsanslaget redusert med 1 923 mill. kroner.

Martin Linge-utbygginga

Investeringsanslaget for Martin Linge-utbygginga har auka med 25 731 mill. kroner sidan PUD eller med 85 prosent. Auken sidan PUD skuldast hovudsakleg auka kostnader, forseinkingar og endringar relatert til plattformdekket, auka arbeidsomfang for samankopling og ferdigstilling av plattforma og forlenga byggjetid. Auken i arbeidsomfang skuldast i stor grad svakheiter i design som har vore utbetra for å sikre ein sikker oppstart og produksjon. Prosjektkostnaden sidan PUD aukar òg som følgje av svekt kronekurs, hovudsakleg mot dollar og euro, og at bokføringa av enkelte kostnadselement er endra frå driftskostnader til investeringskostnader. Til saman utgjer det om lag 5 305 mill. kroner, eller rundt 20 prosent, av auken sidan PUD.

Sidan same rapportering i fjor har investeringsanslaget auka med 7 917 mill. kroner, som i hovudsak skuldast ytterlegare auka arbeidsomfang for oppkopling og ferdigstilling av plattforma. Forlenga byggjetid og auka kostnader knytt til boring har òg medverka til endringa sidan i fjor. Planlagt produksjonsoppstart er endra frå slutten av første kvartal til tredje kvartal 2020.

Prosjekter satt i drift

For prosjekta som er sett i produksjon siste år er utbyggingsrisikoen over. Det er difor her berre gitt ei nærare omtale av dei prosjekta som ikkje er gjennomførte med investeringar innanfor usikkerheitsspennet i PUD på +/- 20 prosent. Eit unntak er gjort for Oseberg Vestflanken 2-prosjektet som er nær opp mot denne grensa.

Oseberg Vestflanken 2-prosjektet

Oseberg Vestflanken 2 har redusert investeringsanslaget med 1 618 mill. kroner sidan PUD. Reduksjonen skuldast hovudsakleg optimalisering og effektivt kostnadsfokus, og fordelaktige marknadsforhold for undervass- og marine kontraktar. Sidan same rapportering i fjor er investeringsanslaget auka med 338 mill. kroner, i hovudsak som følgje av utfordringar med brønnane i samband med oppstart.

Ekofisk 2/4 VC-prosjektet

I Ekofisk 2/4 VC-utbygginga er det rapportert om ein reduksjon i investeringsanslaget på 589 mill. kroner eller 25 prosent sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er investeringsanslaget redusert med 529 mill. kroner. Reduksjonane skuldast god prosjektgjennomføring, fordelaktig marknad, auka boreeffektivitet og fråværet av uføresette hendingar.

7 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Sektorstyresmaktene har ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eigne område. For ei samla omtale av regjeringas klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Noreg har stor vasskraftproduksjon og er ein viktig leverandør av olje og gass til den globale marknaden. Regjeringa vil foreine Noregs rolle som petroleumsprodusent og -eksportør med ambisjonen om å vere leiande i miljø- og klimapolitikken.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleumsverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det vert teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda. Petroleumssektoren i Noreg har betalt CO2-avgift sidan 1991 og har vore ein del av det europeiske kvotesystemet for CO2 sidan 2008. Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar. Ein ambisiøs politikk nasjonalt må medverke til å redusere utsleppa globalt.

Ettersom olje- og gassproduksjon på norsk sokkel er underlagt det europeiske kvotesystemet, vil oljeselskapa på norsk sokkel, på lik linje med bedrifter i EU, medverke til å redusere kvotepliktige utslepp med 43 prosent frå nivået i 2005 innan 2030. Det er såleis på plass ein sterk verkemiddelbruk for å redusere utsleppa frå olje- og gassproduksjon i Noreg. Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO2-avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel.

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og produksjon av fornybar energi. Eit hovudmål er at våre store og verdifulle fornybare energiressursar vert forvalta på ein god, langsiktig og berekraftig måte. For å styrkje utviklinga av miljøvenleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår. Fleire verkemiddel medverkar i utviklinga av energisystema for framtida og lågutsleppssamfunnet, først og fremst miljøavgifter, direkte reguleringar og stønadsordningar.

Regjeringa vil fremje effektiv, klima- og miljøvenleg og sikker energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar kraft skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.

Forsking og utvikling er viktig for å nå måla. Regjeringa si satsing gir ny kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren som vert brukt til å utvikle teknologi og løysingar som reduserer naturinngrep og utslepp av klimagassar. Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2. Arbeidet med fullkjedeprosjektet for CO2-handtering og arbeidet for å fremje CO2-handtering som eit klimatiltak internasjonalt held fram i 2020.

7.1 Klima- og miljøutfordringar

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for utslepp til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske forbindelsar utan metan (nmVOC), metan (CH4), svoveldioksid (SO2), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH)2.

Noreg skil seg frå andre land ved at størstedelen av det innanlandske stasjonære energiforbruket er dekt av elektrisitet, og tilnærma heile den innanlandske elektrisitetsproduksjonen er basert på vasskraft. Elektrisitet frå vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utslepp frå innanlandsk energiforsyning (medrekna utslepp frå brenning av avfall der varmen vert nytta til energiføremål) og energi brukt til energiforsyning og oppvarming av bygningar var 2,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2018 (førebelse tal). Dette svarar til om lag 5 prosent av dei samla utsleppa i Noreg.

Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere mykje frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperatur. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå stasjonær energibruk på fastlandet varierer frå år til år.

På grunn av den særeigne samansetjinga av norsk økonomi og at kraftproduksjonen på fastlandet er nesten berre vasskraft, står verksemda på kontinentalsokkelen for ein vesentleg del av dei norske utsleppa av klimagassar. I 2018 sleppte petroleumsverksemda3 ut klimagassar tilsvarande 14,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa frå petroleumsverksemda utgjer om lag 27 prosent av dei samla norske klimagassutsleppa. Utsleppa frå verksemda er venta å vere relativt stabile dei neste åra, trass forventa auka produksjon.

Petroleumsverksemda sleppte i 2018 ut 44 900 tonn NOx (nitrogenoksid). Utsleppa av NOx frå petroleumsverksemda er om lag 27 prosent av dei samla NOx-utsleppa i Noreg. Gassbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx.

Olje- og gassutvinning står for knapt ein tredel av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske forbindelsar utan metan), med utslepp i 2018 på 44 700 tonn. Sidan starten av 2000-talet er utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda sterkt reduserte. Utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.

Det at norsk petroleumsverksemd er underlagt streng verkemiddelbruk gir resultat. Norske utslepp er vesentleg lågare per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land, sjå figur 7.1. Utsleppa varierer mellom ulike felt, både i Noreg og internasjonalt.

Figur 7.1 Utslepp til luft på norsk sokkel samanlikna med internasjonalt gjennomsnitt

Figur 7.1 Utslepp til luft på norsk sokkel samanlikna med internasjonalt gjennomsnitt

Kilde: International Association of Oil and Gas Producers (IOGP), Epim Environmental Hub (EEH) og Norsk olje og gass

Utslepp til sjø

Utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta og kjem frå produsert vatn, borekaks og restar av kjemikaliar og sement etter boring. Styresmaktene sett strenge krav til at desse utsleppa er så låge som mogleg, at operatørane nyttar kjemikaliar som inneheld minst mogleg miljøfarlege stoff og at industrien utviklar ny teknologi som kan redusere utsleppa. Petroleumsverksemda har over tid investert milliardar i tiltak som har redusert utsleppa monaleg. Dette har ført til at utsleppa i dag er mykje lågare enn før.

Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret og restar av tilsette stoff. I dag vert det produserte vatnet reinsa før utslepp til sjø eller injisert tilbake i undergrunnen. Borekaks som inneheld olje og borevæske stod tidlegare for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå verksemda. Den vert no injisert i eigna reservoar, eller teken til land for vidare handsaming. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehaldig borekaks/-væske er auka energibruk og dermed høgare utslepp til luft. Ilandføring av borekaks/-væske aukar transportbehovet og omfanget av avfallshandteringa på land.

Oljeselskapa er pålagt miljøovervaking for å følgje med på verknaden av utslepp til sjø. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Det er venta at voluma av produsert vatn vil halde seg på om lag same nivå som i dag fram mot 2023.

Akutte utslepp til sjø

Petroleumsverksemda har, i dei 50 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje ført til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over ein kubikkmeter (m3) er avgrensa.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep ved utbygging av fornybar energi og nett

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar fører med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.

Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein ovanfor viktige avvegingar. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

7.2 Verkemiddel som har ein klima- og miljøeffekt

CO2-handtering

Regjeringa prioriterer arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa. Arbeidet med å utvikle kostnadseffektive løysingar for fangst og lagring av CO2 er ein viktig del av denne satsinga.

Regjeringa sine tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. I statsbudsjettet for 2015 presenterte regjeringa sin strategi for CO2-handtering. Strategien omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst, transport og lagring og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. I tillegg er det eit mål å medverke til å spreie kunnskap og erfaringar internasjonalt for å redusere kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst, og å auke aksepten for CO2-handtering som eit viktig klimatiltak. TCM vart opna i 2012 og det har kontinuerleg gått føre seg testaktivitetar ved anlegget sidan. Det går føre seg forhandlingar mellom staten og dei industrielle partnarane Equinor, Shell og Total om vidare drift ved TCM etter august 2020.

CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) er òg viktig i staten sitt arbeid med CO2-handtering.

Ambisjonen om å realisere eit demonstrasjonsanlegg for fangst og lagring av CO2 er følgt opp gjennom idéstudiar, moglegheitsstudiar og konseptstudiar. Konseptstudiar for fangst og transport vart ferdigstilte hausten 2017. Konseptstudien for lagerdelen av prosjektet vart ferdig hausten 2018. I Prop. 85 S (2017–2018) gjorde regjeringa greie for status i arbeidet med eit fullkjede demonstrasjonsanlegg for fangst og lagring av CO2 i Noreg. Norcem og Fortum Oslo Varme har fått tilskot til forprosjektering av sine fangstprosjekt. Equinor har fått tilskot til å gjennomføre forprosjektering av transport og lager, i samarbeid med Shell og Total. Når forprosjektering er fullført og ekstern kvalitetssikring er gjennomført, vil regjeringa vurdere om eit demonstrasjonsprosjekt bør realiserast. Regjeringas vurdering vil bli lagt fram for Stortinget. Stortinget slutta seg gjennom behandlinga av revidert budsjett 2018 til tilrådinga frå regjeringa om å vidareføre planlegginga av fullskalaprosjektet fram til ei investeringsavgjerd i 2020/21. Etter den gjeldande framdriftsplanen, vil avgjerd om investering verte avgjort hausten 2020. Det er ein stram tidsplan.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Måla for arbeidet er å få auka aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak, å få ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien og å medverke til at teknologien vert teken i bruk utanfor Noreg.

Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force, Clean Energy Ministerial og Carbon Sequestration Leadership Forum. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2, utvikling og implementering av CO2-handteringsteknologiar, i tillegg til generelt å fremje CO2-handtering som eit klimatiltak.

Energi og vassressursar

Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing

Enova og Klima- og energifondet har sidan etableringa i 2001 vore ein viktig del av arbeidet for ei langsiktig og miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Enova sitt mandat vart sist forankra i Stortinget ved handsaminga av Energimeldinga i 2016. Formålet er å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp. Enova tilbyr mellom anna investeringsstøtte og rådgjeving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak. Dei skal søkje å byggje ned barrierar for omstilling med sikte på å drive fram varige marknadsendringar. Frå 1. mai 2018 er eigaroppfølginga av Enova SF overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet (KLD). KLD følgjer opp den fireårige avtala som gjeld til utgangen av 2020.

Det er fleire tiltak som er med på å byggje opp under ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Kvotesystemet og CO2-avgiftene er viktige. Fleire andre miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført energistandardar og energimerkeordningar for ei rekkje produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav til energibehovet i nye bygg og ved større rehabiliteringar, og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og nyoppføring av bygningar. Enova si verksemd grensar opp mot og kompletterer dei andre delane av verkemiddelapparatet.

Bruken av fyringsolje har minka dei siste åra og resultert i reduserte utslepp. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt, er avgifter og kvotar på bruk av fossile brensel.

Gjennom byggteknisk forskrift er varmeinstallasjonar for fossilt brensel ikkje lov i nybygg og ved store ombyggingar. Regjeringa har vedteke forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020, både til grunnlast og spisslast (topplast). I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktige. Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Gjennom Enova-tilskotet støttar Enova òg direkte utfasing av oljefyring i bustadar og installasjon av fornybare oppvarmingsalternativ.

Per første halvår av 2019 hadde 97 prosent av målarparken fått installert nye avanserte måle- og styringssystem (AMS). Innføringa vert rekna som vellukka. Dei nye straummålarane registrerer straumforbruket kvar time og sender automatisk informasjon om forbruket til nettselskapet. Dette gir ei meir nøyaktig avrekning av forbruket og er dessutan venta å gjere kundane meir merksame på sitt eige straumforbruk. AMS kan òg gi straumkundane betre høve til å styre eigen bruk og tilpasse straumbruken til variasjonar i straumprisen. AMS vil gjere det mogleg for nettselskap, kraftleverandørar og andre å tilby ulike tilleggstenester som utnyttar AMS-målarane. Det kan vere snakk om avtaler som inneber automatisk avgrensing av effektuttak, til dømes avtale om å kople ut tank for varmtvatn eller varmekablar i topplasttimar. AMS vil gi nettselskapa betre datagrunnlag slik at dei kan optimalisere drifta og investeringane i nettet.

Målet i EU er etter fornybardirektivet 20 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har teke på seg ei plikt til å auke til 67,5 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har saman med Island den høgaste fornybardelen i Europa. I 2017 var fornybardelen i Noreg om lag 70 prosent. Direktivet pålegg alle land å leggje fram ein nasjonal handlingsplan som viser korleis dei skal nå dei nasjonale måla sine.

Den felles norsk-svenske marknaden for elsertifikat er eit viktig verkemiddel for å nå det norske målet på 67,5 prosent under fornybardirektivet. Ordninga starta opp 1. januar 2012. Det samla målet for ny fornybar elektrisitet i den felles elsertifikatmarknaden er 28,4 TWh i år 2020. I tillegg har Sverige sett mål om ytterlegare 18 TWh i 2030 under elsertifikatordninga. Noreg er ansvarleg for å finansiere 13,2 TWh, uavhengig av kor produksjonen kjem. Av produksjonen som inngår i produksjonsmålet er det per 1. juli 2019 godkjent anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 29 TWh. Av dette er anlegg med ein normalårsproduksjon på 8,5 TWh bygd i Noreg og anlegg med ein normalårsproduksjon på 20,5 TWh bygd i Sverige. Med det er 2020-målet nådd. I Noreg er det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 3,2 TWh.

Nye utanlandssamband for elektrisitet skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønsame. På lik linje med andre kraftoverføringsanlegg krev utanlandssamband viktige avvegingar mellom nytte og kostnader, inkludert omsyn til miljøet.

Miljøomsyn ved vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med fornybar kraftproduksjon og nett er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova og vassforskrifta.

Konsesjonshandsaming av fornybar kraftproduksjon og nett har dei siste åra hatt høg prioritet. Det er viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det vert derfor søkt å få til ei mest mogleg samordna handsaming av prosjekt i same område, og mellom nett og produksjon.

NVE sitt miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar vert etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep.

Kunnskap og systematisk oversyn over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av naturmangfald. Artsdatabanken spelar ei viktig rolle her. Føremålet med Artsdatabanken er å tette hol i kunnskapen og medverke til at data over naturmangfald vert samla i nasjonale databasar.

Gjennomføringa av EU sitt vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar skal fremje ei heilskapleg forvalting av vassressursane. Olje- og energidepartementet medverkar saman med NVE aktivt i dette arbeidet.

Klimatilpassing

Eit endra klima med meir nedbør og meir ekstremvêr krev tilpassingar. Klimatilpassing er viktig innan energi- og vassdragsforvaltinga. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tek omsyn til klimatilpassing i arbeidet med flaum og skred, damtryggleik, vassdragskonsesjonar, energikonsesjonar, miljøtilsyn, kraftforsyning og energietterspørsel.

NVE sine oppgåver knytte til førebygging av skred- og flaumskadar kan delast inn i fem område: kartlegging, arealplanlegging, sikring, varsling og skred- og flaumfagleg bistand i beredskaps- og krisesituasjonar. For å førebyggje skade på liv, helse og verdiar vert det teke høgde for eit endra framtidig klima ved utarbeiding av faresonekart. Karta og fagleg rådgjeving om klimaendringar er eit viktig grunnlag for kommunane sitt arealplanarbeid, og medverkar til at ny utbygging skjer i trygge område. I arealplanarbeid etter plan- og bygningslova er NVE høyringspart og kan fremje motsegn på planar der NVE har eit forvaltningsansvar. Sikring av eksisterande busetjing og kritisk infrastruktur er òg sentralt i NVE sitt arbeid med klimatilpassing. NVE arrangerer fagsamlingar rundt i landet for kommunar, konsulentar og andre der kunnskap om flaum- og skredfare og klimatilpassing vert formidla. For arbeidet med flaum og skred er det utvikla eit godt samarbeid med andre statlege etatar som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens Vegvesen, Jernbaneverket, Meteorologisk institutt og andre. NVE skal framover òg støtte kommunane med å førebyggje skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk (urbanhydrologi) og rettleiing til kommunal arealplanlegging.

Gjennom datainnsamling og analysar av lange tidsseriar, overvakar og vurderer NVE effekten av klimaendringar på hydrologi. NVE har FoU-aktivitetar innan modellering av kva effekt klimaendringar har og vil få på hydrologien i Noreg. Dette inkluderer effekten på flaum, tørke, snømengder og utbreiing av isbrear. Dette gir grunnlaget for klimatilpassing i fleire sektorar. Dette arbeidet inngår som ein del av samarbeidet i Norsk Klimaservicesenter.

Petroleumsverksemda

Klimautfordringa er global og kan berre løysast gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid, jf. Noregs tilslutning til Parisavtala. I samsvar med dei overordna prinsippa for klimapolitikken i Noreg, er petroleumssektoren omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO2-avgift og EU sitt klimakvotesystem. Samla gjer desse at næringa betaler ein høg pris på utslepp som legg til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar. Oljeselskapa på norsk sokkel vil på lik linje med bedrifter i EU medverke til å redusere kvotepliktige utslepp med 43 prosent frå nivået i 2005 innan 2030. Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO2-avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel. Vidare må selskapa betale avgift for sine utslepp av NOx eller slutte seg til miljøavtala mellom den norske stat og næringsorganisasjonane.

Den høge prisen risen på klimagassutslepp på sokkelen vil, med gjeldande kvotepris og avgiftssats, være 700–800 kroner per tonn CO2. Desse verkemidla gir selskapa ei kontinuerleg eigeninteresse av å redusere utsleppa, og samtidig til å forske på og utvikle teknologiar med lågare utslepp.

Omsyn til miljø er ein integrert del av forvaltinga av dei norske petroleumsressursane. Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda: Frå vurdering av opning av eit område for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er med.

Utsleppa frå petroleumsverksemda i Noreg er regulert gjennom fleire lover, mellom anna petroleumslova, CO2-avgiftslova, særavgiftslova, klimakvotelova og forureiningslova. Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, gjer at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle aktørar høve til å verte høyrde. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak, til dømes ved godkjenning av utbyggingsplanar.

Brenning av overskotsgass har aldri vore lov på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre tillete når det er nødvendig av tryggleiksgrunnar. Slik brenning er berre tillate etter løyve frå Olje- og energidepartementet.

Utnytting av stordriftsfordelar som legg til rette for energieffektiv drift, har alltid vore eit viktig omsyn for aktiviteten på sokkelen. Nye utbyggingar baserer seg på best tilgjengeleg teknologi.

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 114 (1995–1996) vedtok Stortinget at det ved alle nye feltutbyggingar skal leggjast fram ei oversikt over energibehov og kostnadene ved å nytte kraft frå land framfor gassturbinar. Kraft frå land skal vurderast av operatøren og følgjast opp av styresmaktene ved handsaminga av kvar enkelt ny plan for utbygging og drift. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det er sikra utbygging av tilstrekkeleg ny kraft eller at det vert ført fram tilstrekkeleg nytt nett slik at det ikkje oppstår regionale ubalansar på utbyggingstidspunktet. Samtidig må ein ta vare på naturmangfaldet og omsynet til tiltakskostnadene.

Dei teknologiske og økonomiske konsekvensane av ei løysing med kraft frå land varierer sterkt frå utbygging til utbygging. Kraft frå land krev store investeringar og vil ofte berre vere realistisk ved enkelte større, sjølvstendige utbyggingar eller større ombyggingar av store felt. Kraft frå land til eksisterande innretningar generelt er svært dyrt. Gitt variasjonen i konsekvensar, er det avgjerande å ta stilling til spørsmålet om bruk av kraft frå land ved behandlinga av den enkelte utbygginga.

Verkemidla overfor petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar. Det gjer at norsk petroleumsverksemd skjer med vesentlig lågare klimagassutslepp per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land. Utsleppa varierer mellom ulike felt og fasar, både i Noreg og internasjonalt.

Forsking og utvikling

Regjeringa si satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er avgjerande for at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og -produksjon. Satsinga medverkar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Samtidig skal støtta gi norsk næringsliv og kompetansemiljø betre evne til å konkurrere i dei internasjonale marknadene for miljø- og klimavenlege energiløysingar.

OED er den største bidragsytaren til finansiering av miljø- og klimarelevant forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd. Ei nærare omtale av satsinga på forsking og teknologiutvikling finst under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling.

Energiforsking

Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvenleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvenlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til næringsutvikling og til å byggje opp kunnskap av samfunnsfagleg karakter, til dømes om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov etc.).

Energi21 er styresmaktene og næringa sin strategi for forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny, klimavenleg energiteknologi. Energi21 gir styresmaktene og industrien råd om innretning av satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energisystemet, energieffektivisering, CO2-handtering og energi til transportføremål.

Energi21-strategien tilrår å prioritere satsinga på energiteknologi på seks område:

  • digitaliserte og integrerte energisystem

  • klimavenlege energiteknologiar til maritim transport

  • solkraft for ein internasjonal marknad

  • vasskraft som ryggrada i norsk energiforsyning

  • havvind for ein internasjonal marknad

  • klimavenleg og energieffektiv industri inklusive CO2-handtering

Det er åtte teknologisk retta forskingssenter for miljøvenleg energi (FME), for CO2-handtering, miljøvenleg transport, vasskraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. I mai 2019 vart det starta opp to nye samfunnsvitskaplege FME-ar; NTRANS som skal forske på rollen til energisystemet i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, og INCLUDE som skal utvikle kunnskap og løysingar for å få eit sosialt rettferdig lågutsleppssamfunn. Dei to nye FME-ane erstattar tre samfunnsvitskaplege senter som vart etablerte i 2011. FME-ordninga, som ligg under Noregs forskingsråd, er ei av dei viktigaste berebjelkane for norsk satsing på forsking, utvikling og innovasjon for berekraftige energisystem i framtida.

ENERGIX er Noregs forskingsråd sitt store, målretta program på energiområdet. ENERGIX finansierar forsking og innovasjon for ei berekraftig utvikling av energisystemet. Programmet famnar alt frå utvikling av energisystemet og fornybar energiteknologi til effektiv bruk av energi i bygg, industri og transport. Målet er å medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet og fremje eit konkurransedyktig norsk næringsliv. ENERGIX er det viktigaste programmet i Forskingsrådet for forsking på reduserte utslepp.

Noreg har ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO2-handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova saman med Noregs forskingsråd. CLIMIT skal gi økonomisk støtte til prosjekt som utviklar kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar som kan gi viktige bidrag til kostnadsreduksjonar og stor internasjonal utbreiing av CO2-handtering.

Petroleumsforsking

Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumsverksemda er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvenleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsverksemda som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Satsinga medverkar til å byggje opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvenlege teknologiar og løysingar. Redusert miljøpåverknad og reduserte klimagassutslepp er viktige mål for petroleumsforskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000.

Den nasjonale teknologistrategien for petroleumsverksemda, OG21, trekkjer fram fire prioriterte teknologiområde: Energieffektivitet og miljø; leiting og auka utvinning; boring, komplettering og intervensjon; og produksjon, prosessering og transport. Strategien har ei monaleg merksemd mot klima og energieffektive og utsleppsreduserande løysingar.

Departementet vektlegg at deler av løyvinga til petroleumsforsking skal gå til prosjekt knytte til energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp. I 2018 gjekk 218 mill. kroner til dette føremålet gjennom prosjekt i PETROMAKS 2 og DEMO 2000-programma. Dette svarer til meir enn 62 prosent av departementet sine løyvingar til dei to programma i 2018. Tala er baserte på Noregs forskingsråd sine eigne vurderingar og system for teljing.

Noregs forskingsråd har òg gjort ein analyse av den offentleg finansierte petroleumsforskinga basert på ei spørjeundersøking blant alle dei som har motteke støtte. Analysen byggjer på alle petroleumsprosjekt i PETROMAKS 2 og DEMO 2000 med oppstart i perioden 2015–2018. Den viser at 60 prosent av prosjekta utviklar kunnskap og teknologi som kan gi lågare utslepp av klimagassar. Det skjer gjennom ny teknologi, kompetanse, og energieffektiviseringstiltak på eksisterande og nye installasjonar på norsk sokkel.

Det vert løyvd midlar til to forskingssenter, ARCEx og National IOR Centre, som mellom anna skal utvikle klima- og miljøvenlege løysingar for norsk petroleumsverksemd. ARCEx har som eit hovudmål å utvikle meir miljøvenleg teknologi for leiting etter olje og gass i Arktis. Det vert òg lagt vekt på å skaffe fram ny kunnskap om økosystema for å analysere miljøpåverknad og miljørisiko. IOR-senteret utviklar metodar for å kunne velje dei beste og mest energieffektive og miljøvenlege injeksjonsmetodane for ulike felt.

I tillegg vart det i juni 2019 opna eit nytt forskingssenter for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda på norsk sokkel. Målet med senteret er å utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi som gjer det mogleg at framtidig utbygging og drift av petroleumsførekomstar kan skje med lågast mogleg utslepp av klimagassar. Senteret skal òg utvikle teknologi som kan medverke til ein betydeleg reduksjon av utslepp frå eksisterande installasjonar.

Det vert òg løyvd midlar til langtidsverknader av utslepp til sjø gjennom Noregs forskingsråd sitt program MARINFORSK, SEAPOP. Desse skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og kartlegg og overvakar sjøfuglbestandar i Noreg.

7.3 Klimaeffekten av framlagt budsjett

Satsinga på FoU og raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumsverksemda skal medverke til meir effektiv og miljøvenleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal den medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det som kan ventast med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. Grunna uvisse om omfang og tidspunkt for introdusering og kommersialisering av ny teknologi eller teknologi under utvikling, finst det ingen presise overslag på framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet.

Regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015). Det overordna målet er å medverke til at CO2-handtering vert eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. Tiltaka i regjeringas strategi omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeid med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som desse tiltaka kan utløyse. Kor store reduksjonar i CO2-utslepp me får avheng av kor CO2-fangst eventuelt skjer og av kva slag tekniske løysingar som vert valt.

7.4 Berekraftsmålet for energi

I 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmål nr. 7, energimålet, seier at ein skal «sikre allmenn tilgang til pålitelig, berekraftig og moderne energi til en overkomeleg pris». Vidare er det definert tre delmål og to gjennomføringsmekanismar.

Tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk vekst og er derfor heilt sentralt i arbeidet med å avskaffe fattigdom. Meir fornybar energi og meir effektiv energibruk medverkar både til å redusere utslepp av klimagassar og til å avgrense andre miljø- og helsekostnader.

Energimålet og dei ulike delmåla er anten oppnådde nasjonalt eller i tråd med norsk politikk og nasjonale mål. Det er så langt føremålstenleg sikra energitilgang til alle. Nesten all produksjon av elektrisitet er fornybar, og av den samla energibruken er delen fornybar energi om lag 70 prosent. Verkemiddel på både tilbodet og etterspurnaden støttar opp om ein overgang frå fossil til fornybar energi og meir effektiv energibruk. Det er mellom anna innført strenge energikrav til bygg og krav til økodesign og energimerking av energirelaterte produkt. I tillegg medverkar Enova til å utvikle marknader for energieffektive løysingar.

Energipolitikken må ta omsyn til energiforsyningstryggleiken, klimautfordringane, naturmiljøet og verdiskapinga. Regjeringa vil leggje til rette for ei framhalden effektiv, klimavenleg og sikker energiforsyning i Noreg. Oppgåvene må løysast på måtar som gir størst verdiar for samfunnet til lågast mogleg kostnad.

Utan sterkt auka innsats vil ikkje verda nå berekraftsmålet for energi. Globalt manglar 840 mill. menneskje tilgang til elektrisitet og 3 mrd. menneske brukar ineffektive og forureinande kokeomnar. Situasjonen er særleg utfordrande i Afrika sør for Sahara der 570 mill. menneske manglar tilgang til elektrisitet. Det er like fullt monaleg framgang, med auka i produksjonen av fornybar energi i utviklingsland får fleire menneskje tilgang til elektrisitet. Ein fjerdedel av den globale elektrisitetsproduksjonen kjem no frå fornybare kjelder.

Gjennom innsatsen for fornybar energi i utviklingspolitikken ønskjer Noreg å medverke til at utviklingsland når berekraftsmålet for energi. Innsatsen skal medverke til å innfri Parisavtala og støttar utviklingsland sitt arbeid med auka bruk av fornybar energi og energieffektivisering, slik dette er nedfelt i landa sine innmelde klimaplanar, samt utfasing av kol. Regjeringa legg stor vekt på å bruke bistandsmidlar på ein måte som utløysar privat og kommersiell kapital. Regjeringa styrker samarbeidet med norsk næringsliv og det vert lagt vekt på å nytte norske fortrinn som vasskraft og solkraft. Norfund er saman med Norad sine næringslivsordningar, GIEK og Eksportkreditt sentrale verkemiddel for å få med norske bedrifter.

Auka produksjon av fornybar kraft krev svært store investeringar. Norfund vil vere hovudinstrument frå norsk side for å medverke til ny kraftutbygging i utviklingsland. Norfund har etablert partnarskap med norske selskap for å sikre meir kapital og teknisk kompetanse. I tillegg vil det vere viktig å medverke til elektrifisering gjennom utbygging av straumnettet, lokalt straumnett eller løysingar for enkeltbustader. Framover vil innsatsen verte styrkt innanfor humanitær bistand og i sårbare statar.

Noreg har i mange år òg gitt støtte til auka produksjon av fornybar energi, energitilgang og meir effektiv energibruk gjennom EØS-ordningane.

Gjennom programmet Olje for utvikling deler Noreg si erfaring med å utvinne petroleumsressursane på ein måte som tek omsyn til miljø og klima. Policydialog og bistand til reformer, lovverk, institusjonsbygging og regionalt samarbeid er sentrale område for tilrettelegging for investeringar frå privat sektor.

8 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for viktige samfunnsfunksjonar og beredskapsområde knytte til kraftforsyninga. OED har ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred. Departementet har sektoransvar for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. Arbeids- og sosialdepartementet har regelverks- og tilsynsansvar for HMS og sikring, inkludert beredskap, i petroleumsverksemda. OED har òg ansvar for departementets eigen beredskap og for å vere budd på å ta del i sentral handtering ved nasjonale kriser.

8.1 Forsyningstryggleik for elektrisitet

Eit overordna mål for energi- og vassressursområdet er å leggje til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning. Målet om ei sikker kraftforsyning dreier seg både om å halde ved lag og betre forsyningstryggleiken, minimere konsekvensane av avbrot og opprette forsyninga igjen på ein effektiv måte. Kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig. Som ein del av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap knytt til samfunnstryggleiksinstruksen, gjorde departementet ei vurdering av tilstanden i kraftforsyninga i Prop. 1 S (2017–2018). Vurderinga er framleis gjeldande.

Som oppfølging av Samfunnssikkerhetsinstruksen og tildelingsbrev har NVE nå gjort eit arbeid for å finne statistikk og indikatorar som seier noko om tilstanden over tid. Dei har identifisert statistikk for avbrot, informasjon om ikkje-ønska hendingar, feilstatistikk, resultat frå tilsyn, energi- og driftstryggleik, IKT-tryggleik, ROS-analyse og klimatilpassing som indikatorar for tilstanden i kraftforsyninga.

Avbrotsstatistikken viser at for dei siste ti åra har ein gjennomsnittleg norsk sluttbrukar opplevd at straumen er vekke to gonger i året i til saman to og ein halv time. Rapportar frå KBO-einingane om ikkje-ønska hendingar viser at dei største truslane mot forsyningstryggleiken er utfordrande vêr og teknisk svikt. Feilstatistikken viser òg at ein stor del av alle feil og avbrot er relatert til vind og snø.

Resultat frå tilsyn viser at dei vanlegaste avvika på tilsyn er at einingane ikkje har eit heilskapleg konsept for beredskap. Når det gjeld energi- og driftstryggleik, følgjer NVE ressurssituasjonen tett, og publiserer kraftsituasjonsrapportar kvar veke. For å auke IKT-tryggleiken har NVE mellom anna skjerpa krav til IKT-tryggleik i kraftberedskapsforskrifta. NVE arbeidar òg med ei oppdatert risikoanalyse for ulike scenario som vil påverke kraftforsyninga viss dei inntreff. Klimaendringar fører til auka utfordringar for kraftanlegga, til dømes på grunn av meir ising og lyn. NVE har til no laga tre rapportar om klimatilpassing i energiforsyninga, og rapportane viser at klimaendringar og tilpassing til endringane i aukande grad er eit tema hos selskapa. Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak. Ved eventuell energimangel har styresmaktene særskilde tiltak for å redusere fare for rasjonering. I ytste tilfelle kan styresmaktene innføre rasjonering. Slik kraftsystemet no er, er likevel rasjonering lite truleg, og forsyningstryggleiken i Noreg er god. Det kan likevel førekome avbrot. Aktørar som er heilt avhengige av ei straumforsyning utan avbrot, må sjølve syte for eigenberedskap gjennom naudstraumaggregat eller andre løysingar. Dette gjeld særskilt verksemder som er underlagt sikkerheitslova.

8.2 Skred og vassdrag

Ansvaret for gjennomføringa av statlege oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred, er delegert til NVE.

NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan òg sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.

NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, og overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE råd til kommunar og politi under beredskaps- og krisesituasjonar.

8.3 Sentral krisehandtering og departementets eigen beredskap

I Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnssikkerheitsinstruksen) er det stilt krav til departementa sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

For å medverke til eit godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, i både førebygging og handtering, skal departementet gjennom godt eigna beredskapsplanverk, robust organisering og hyppige og relevante øvingar, vere førebudd på å

  • møte alle typar kriser i eigen sektor effektivt og profesjonelt

  • yte bistand til andre departement når det trengs

  • ta rolla som leiardepartement

OEDs planverk for krisehandtering skal dekkje ulike typar kriser som OED kan bli involvert i både i sektor og ved kriser som gjeld departementet sjølv.

OED gjennomfører og planlegg for relevante beredskapsøvingar. Departementet vil føre vidare dette arbeidet i 2020.

8.4 Gjennomføring av ny sikkerheitslov

Ny lov om nasjonal tryggleik tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje våre nasjonale tryggingsinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke tryggingstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.

For å verne dei nasjonale tryggingsinteressene, legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale tryggingsinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kongeleg resolusjon 20. desember 2018 punkt 3 bokstav e) skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den tryggingsfaglege kompetansen i departementa.

Olje- og energidepartementet tek sikte på å fastsetje GNF i løpet av 2019. I lys av dette vil departementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er naudsynt. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget for departementet si utpeiking og klassifisering av eventuelle skjermingsverdige objekt og skjermingsverdig infrastruktur i sektoren, og fastsetjing av fristar for gjennomføring av naudsynte sikringstiltak. Olje- og energidepartementet har gjennomført ein ikkje ubetydeleg del av arbeidet i 2019.

9 Likestilling og mangfald

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Olje- og energidepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden. Meldeplikta gjeld òg for verksemder under Olje- og energidepartementet. For nærare rapportering frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

Olje- og energidepartementet

Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda:

  • Den enkelte leiaren i departementet skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.

  • Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det medverkar til likestilling mellom kvinner og menn.

  • Departementet skal ha ein lønnspolitikk som medverkar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå.

  • Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.

  • Årleg personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.

Oljedirektoratet

Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda:

  • Det skal rettast merksemd mot å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.

  • Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar når det gjeld forfremjing.

  • Leiinga skal ha fokus på den einskilde sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle tilfelle oppmode kandidatar til å melde interesse for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere på likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Leiinga har likestilling som årleg fokus.

  • Leiinga skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsforskjellar mellom kvinne/mann med tanke på å justere lønnsnivået der det er grunnlag for å gjere det.

  • Det blir gjennomført jamlege arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtalar der trakassering og vern kan takast opp.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) arbeid med likestilling og mangfald er forankra i NVEs interne regelverk. NVE har eit mål om å ha eit arbeidsmiljø som sikrar at NVE held på dei beste tilsette uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller alder.

NVE har tiltak for å sikre likestilling og hindre diskriminering, mellom anna innanfor rekruttering og lønns- og arbeidsforhold. Leiarar får rettleiing i arbeidet for likestilling og mot diskriminering.

Det er i tabellane nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde.

Tabell 9.1 Tilstandsrapportering (kjønn) i Olje- og energidepartementet per 31. desember 2018 samanlikna med tal per 31. desember 2017

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Kvinner

Total

Menn

Kvinner

Prosent

Prosent

(N)

Kroner

Kroner

Totalt i OED

2018

51

49

150

60 632

51 767

2017

49

51

152

57 713

48 954

Leiing/Avdelingsdirektør

2018

82

18

23

85 623

84 698

2017

78

22

23

81 572

77 771

Fagdirektør

2018

100

0

3

68 300

-

2017

100

0

3

65 600

-

Underdirektør

2018

50

50

30

58 502

62 288

2017

48

52

27

54 221

60 726

Seniorrådgivar

2018

57

43

75

51 770

49 107

2017

46

54

63

50 852

48 389

Rådgivar

2018

38

62

16

38 967

37 125

2017

23

77

26

40 893

38 822

Førstekonsulent

2018

0

100

2

-

37 417

2017

56

44

9

36 148

36 092

Sjukefråværsstatistikk

2018

1,2

3,9

2,5

2017

2,1

6,1

4,1

Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er fem tilsette på leiarlønnskontrakt som ikkje er med i denne oversikta. Månadslønn er basert på faktisk lønnsberekning, ekskludert overtidsbetaling.

Tabell 9.2 Tilstandsrapportering (kjønn) i Oljedirektoratet per 31. desember 2018 samanlikna med tal per 31. desember 2017

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Kvinner

Total

Menn

Kvinner

Prosent

Prosent

(N)

Kroner

Kroner

Totalt i OD

2018

55

45

218

68 373

63 321

2017

56

44

219

67 026

60 062

Leiarar eks. toppdirektør

2018

47

53

17

99 345

98 732

2017

50

50

16

99 656

99 321

Sjefingeniør

2018

59

41

148

71 540

66 804

2017

61

39

153

69 312

63 272

Overingeniør

2018

54

46

24

48 275

48 814

2017

50

50

20

45 016

45 387

Avdelingsingeniør

2018

40

60

5

40 310

42 385

2017

40

60

5

38 111

40 932

Rådgivar

2018

44

56

16

46 715

47 271

2017

35

65

17

43 960

44 252

Førstekonsulent – konsulent

2018

25

75

8

39 635

36 518

2017

25

75

8

38 369

38 617

Sjukefråværsstatistikk

2018

1,4

2,9

2,1

2017

1,0

2,1

1,5

Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta.

Tabell 9.3 Tilstandsrapportering (kjønn) i Noregs vassdrags- og energidirektorat per 31. desember 2018 samanlikna med tal per 31. desember 2017

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Kvinner

Total

Menn

Kvinner

Prosent

Prosent

(N)

Kroner

Kroner

Totalt i NVE

2018

56

44

602

55 532

52 913

2017

56

44

601

53 714

50 695

Avdelingsdirektør

2018

43

57

7

103 953

103 017

2017

50

50

6

101 036

100 522

Seksjonssjef

2018

62

38

37

74 868

75 230

2017

58

42

36

73 684

72 923

Sjefingeniør

2018

72

28

25

67 412

68 967

2017

76

24

25

66 069

69 184

Forskar

2018

53

47

19

62 437

53 887

2017

61

39

18

57 717

53 254

Senioringeniør

2018

66

34

170

56 267

54 605

2017

66

34

162

55 009

52 794

Seniorrådgivar

2018

54

46

135

57 980

55 179

2017

56

44

121

56 517

54 652

Overingeniør

2018

58

42

60

48 738

47 861

2017

56

44

68

47 248

45 551

Rådgivar

2018

28

72

53

44 496

45 334

2017

32

68

65

44 210

43 774

Førstekonsulent

2018

67

33

6

39 418

42 373

2017

50

50

12

39 067

40 366

Avdelingsingeniør

2018

54

46

28

40 717

40 905

2017

52

48

25

39 460

39 623

Seniorkonsulent

2018

14

86

30

41 346

42 734

2017

14

86

29

39 958

41 224

Konsulent

2018

34

66

3

*

37 158

2017

15

85

7

*

38 597

Formann

2018

100

0

7

44 074

-

2017

100

0

6

42 601

-

Fagarbeidar

2018

100

0

15

39 570

-

2017

100

0

17

38 244

-

Sjukefråværsstatistikk

2018

2,5

3,5

2,9

2017

3,4

4,1

3,7

Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta.

9.1 Vurdering og utgreiing av likestillingstiltak på grunnlag av kjønn, etnisk bakgrunn, religion og nedsett funksjonsevne

9.1.1 Olje- og energidepartementet

Rekruttering

Målsetjinga er å halde ved lag kjønnsbalansen i departementet, og rekruttere fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn og med nedsett funksjonsevne.

Resultatet er at departementet held ved lag ein god kjønnsbalanse, men opplever for få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Lønns- og arbeidsvilkår

Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.

Lønnsstatistikken syner at menn har høgare snittløn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetjing og ansiennitet er noko av forklaringa.

Tiltak for å sikre likeløn er nedfelte i departementets personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk.

Forfremjing

Målsetjinga er å få ei kjønnsfordeling på leiarnivå meir i tråd med kjønnsfordelinga i departementet.

Personalstatistikken syner at departementet har få kvinner som avdelingsdirektørar, men har ein god balanse for underdirektørar.

Likestillingstillitsvalt får høve til å uttale seg i alle tilsetjingssaker og i den årlege personalstatistikken om situasjonen i departementet når det gjeld likestillingsspørsmål.

Høve til utvikling

Målsetjinga er å sikre ei god fagleg og personleg utvikling for alle tilsette.

Den enkelte leiar har hovudansvaret for at tilsette får nødvendig kompetanse for å utføre arbeidsoppgåver på ein tilfredsstillande måte. Den årlege medarbeidarsamtala er ein viktig arena for drøfting av kompetansehevande tiltak.

Leiarar på alle nivå har eit særleg ansvar for å fremje medarbeidarane si faglege og personlege utvikling. Den faglege og personlege kompetansen til kvar enkelt medarbeidar skal vere best mogeleg tilpassa departementet sine mål og oppgåver.

Vern mot trakassering

Arbeidsmiljøundersøking og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte. Departementet har eigne varslingsrutinar i medhald av Arbeidsmiljølova, og følgjer lov- og avtaleverk knytt til verneombod, helseteneste o.a.

9.1.2 Oljedirektoratet

Rekruttering

Oljedirektoratet (OD) skal ha fokus på å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.

Målsetjinga er å motverke at det oppstår eller blir ført vidare utilsikta mønster ved rekrutteringsprosessar.

Det er ikkje rekruttert inn ny fast kompetanse med annan etnisk bakgrunn eller med redusert funksjonsevne i 2018.

Lønns- og arbeidsvilkår

Leiinga skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsskilnader mellom kjønna med tanke på å justere lønnsnivået der det er grunnlag for det. Dette har vore fokus ved lokale lønnsoppgjer dei siste åra.

I OD tente menn 7 prosentpoeng meir enn kvinner ved utgangen av 2018. I dei to føregåande åra var avstanden 11 prosentpoeng. Tendensen har vore at avstanden har minka dei seinare åra. Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn i OD, jf. utdanning, kvalifikasjonar, alder, ansvar, oppgåver og avtalte kriterium.

Forfremjing

Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.

OD hadde per 31. desember 2018 større del kvinner enn menn i direktørfunksjonane.

Høve til utvikling

Leiinga skal ha fokus på den enkelte medarbeidar sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle høve oppmode kandidatar til å melde si interesse for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere på likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Vidare har leiinga temaet likestilling som årleg fokus.

Behov for rekruttering til lag blir lyst ledig på intranettet, og ressursstyringa blir konkludert i leiarmøte mellom anna etter råd frå fagkoordinatorar. Den enkelte medarbeidaren sin faglege utviklingsplan inngår som element. Målsetjinga er å sikre ei god utvikling for alle.

Vern mot trakassering

Arbeidsmiljøundersøking og medarbeidarsamtalar er tiltak for å avdekkje trakassering og vern mot dette. Denne blir følgt opp med relevante tiltak.

Målsetjinga er å syte for at alle har eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført jamleg, og medarbeidarsamtalar blir gjennomførte årleg.

9.1.3 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Rekruttering

Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnets samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn. NVE er tilknytt avtala om inkluderande arbeidsliv og legg forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

NVE kunngjer i fleire typar medium. Direktoratet har ei mangfaldserklæring i utlysingsteksten, bl.a. med informasjon om deltaking i statens inkluderingsdugnad. Kvalifiserte søkarar frå underrepresenterte grupper blir kalla inn til intervju og det er likeverdig behandling i intervjua. NVE har førebels ikkje hatt kvalifiserte søkarar med hol i CVen til faste stillingar. I 2018 tilsette NVE to medarbeidarar med hol i CVen i mellombelse stillingar.

Underlagsdokumenta for rekruttering i NVE er tilpassa for å legge vekt på inkludering. NVE legg vekt på å ha ei medviten haldning om å inkludere menneske med redusert funksjonsnivå. Stillingsannonsar blir lagde ut på jobbforalle.no om stillinga ikkje set spesielle krav til å vere funksjonsfrisk.

NVE er ei verksemd der mange tilsette kjem frå fagmiljø som tidlegare har vore sterkt dominerte av menn. Rekrutteringa frå desse fagmiljøa har av den grunn òg vore dominert av menn. Dei seinare åra har vi sett ei endring, og det er fleire kvinner som har den kompetansen NVE treng. Av NVEs nye tilsette i 2018 var det 53,5 prosent kvinner.

Det er eit mål i NVE å få fleire kvinnelege leiarar. I dag er det 41 prosent kvinner, ei svært positiv utvikling dei siste åra (14,7 prosent i 2007 og 21 prosent i 2010). Under elles like tilhøve har NVE prioritert kvinner til ledige leiarstillingar.

Lønns- og arbeidsvilkår

Kvinner og menn skal ha lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi. NVE har ikkje avdekt store lønnsskilnader som følgje av kjønn. Kvinner har same lønns- og stillingsutvikling på bakgrunn av utdanning, erfaring og alder som menn.

NVE har digital HMS-handbok, personalhandbok og leiarhandbok. Leiarhandboka skal medverke til å hjelpe og rettleie NVEs leiarar med oppfølginga av sine medarbeidarar. Lett tilgjengeleg og alltid oppdatert informasjon er føreseieleg og trygt. Det medverkar til lik behandling av dei tilsette og synleggjer NVEs personalpolitikk.

NVE utfører jamlege arbeidsmiljøundersøkingar. Det vert lagt vekt på ei god oppfølging av målinga.

Høve til utvikling

NVEs tilsette har alle dei same høva til forfremjing og utvikling, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne osv.

Tiltak mot trakassering og diskriminering

NVE har ei klar haldning mot trakassering og diskriminering. Dette er forankra i dei personalpolitiske retningslinjene, i etiske retningslinjer, i lønnspolitikken og i instruksen for IKT-tryggleik. Det er også inkludert spørsmål om temaet i medarbeiderundersøkinga som vart gjennomført i mars 2019.

I samarbeid med dei tillitsvalde og verneombod har NVE i 2018 utarbeidd nye retningslinjer for handtering av mobbing, trakassering og andre konfliktar på arbeidsplassen. Dette er eit viktig førebyggjande tiltak.

NVE gjennomfører kurs for alle leiarar, verneombod og tillitsvalde i førebygging og handtering av konfliktar.

9.2 Oppfølging av IA-avtala

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for arbeid med eit meir inkluderande arbeidsliv 2014–2018. Det er sett delmål for sjukefråvær (ikkje overstige 4 prosent), for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og for å få arbeidstakarar til å bli lengre i jobben.

Samla sjukefråvær er på 2,5 prosent i 2018 samanlikna med 4,1 prosent i 2017.

Oljedirektoratet

Samla sjukefråvær i OD for 2018 var på 3,3 prosent. Det er fokus både på førebygging og god oppfølging ved sjukdom.

Det er ikkje rekruttert medarbeidarar med nedsett funksjonsevne til faste stillingar eller til praksisplassar via NAV i 2018. OD har som mål å ta godt vare på medarbeidarar med nedsett funksjonsevne for å hindre fråfall.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

IA-utvalet er avvikla i NVE. Det blir rapportert direkte til AMU. I tillegg blir det årleg halde to IA-møte med leiinga og tenestemannsorganisasjonane. Leiaren og HR-eininga sitt oppfølgingsansvar er tydeleggjort og blir betre følgt opp, mellom anna gjennom betre verktøy.

Det er eit personalpolitisk mål at alle tilsette i NVE skal få tilbod om ein arbeidsplass som er tilpassa slik at dei kan gjere ein god jobb.

I handlingsplanen for IA-arbeid i NVE er eitt av måla å medverke til at menneske med utfordringar i arbeidslivet får høve til reell arbeidspraksis, med tanke på at dei skal ut i eller tilbake i ordinært arbeid. NVE legg vekt på å ha ei bevisst haldning til å inkludere menneske med nedsett funksjonsevne.

NVE vil halde fram å følgje opp den tilsette ved sjukefråvær, spesielt ved langtidsfråvær, og vere særs merksam på arbeidsmengda i avdelingane. Førebyggje, leggje til rette og følgje opp fråvær er tiltak i handlingsplanen for IA-arbeid i NVE. Sjukefråværet i NVE er stabilt lågt. Det totale sjukefråværet i 2018 var på 2,9 prosent.

10 Mål om 10 TWh energisparing i bygg innan 2030

10.1 Bakgrunn

I Noreg står bygg for om lag 40 prosent av den innanlandske sluttbruken av energi, noko som tilsvarte om lag 84 TWh i 2018. Energieffektive bygg er derfor viktige i eit berekraftig energisystem.

Ved behandlinga av Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring, gjorde Stortinget 13. juni 2016 vedtak nr. 870 (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fastsette et mål om 10 TWh redusert energibruk i eksisterende bygg sammenlignet med dagens nivå».

Ved behandlinga av representantforslag 67 S (2016–2017) om ei sterkare satsing på arbeidet for å nå målet om 10 TWh energieffektivisering, gjorde Stortinget 30. mai 2017 eit nytt vedtak om energisparing i bygg, vedtak nr. 714 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i forslag til statsbudsjett for 2018 legge fram en plan for hvordan man kan realisere 10 TWh energisparing i bygg innen 2030. Planen skal inneholde en konkret nedtrappingsplan i bygg og en virkemiddelpakke med eksisterende og nye virkemidler for å realisere målet.»

Som ei oppfølging av vedtaka vart regjeringas verkemiddel for energieffektivisering i bygg gjennomgått i statsbudsjettet for 2018, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Olje- og energidepartementet. På oppdrag frå departementet talfesta NVE energibruken i eksisterande bygg fram mot 2030, og viste at målet om 10 TWh var oppnåelig med gjeldande politikk. Stortinget meinte at berre vedtak nr. 870 (2015–2016) kunne sjåast på som følgt opp gjennom denne omtala.

I Granavolden-plattforma viser regjeringa til at dei vil realisere målet om 10 TWh energisparing i bygg innan 2030. I det følgjande beskriv departementet ein plan for 10 TWh energisparing i bygg innan 2030 med ein gjennomgang av eksisterande verkemiddel og nye verkemiddel som vil følgje av energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet. Ein konkret nedtrappingsplan i bygg skal gjennomførast gjennom energieffektiviseringsdirektivet sitt krav til ein langsiktig strategi for renovering av bygningar.

10.2 Utviklingstrekk og moglege energieffektiviseringstiltak i bygg

Fleire samfunnstrendar påverkar utviklinga av energibruk i bygningsmassen. Økonomisk vekst og befolkningsvekst er drivarar for vekst i energibruken. Teknologisk utvikling medverkar i seg sjølv til økonomisk vekst, men også til meir energieffektiv teknologi. Energibruk i transportsektoren blir i stadig større grad overført til byggsektoren ved at elbilar blir lada i bustader og yrkesbygg. Nye marknadsløysingar gjer etablering av eigen solkraftproduksjon i tilknyting til bygg stadig vanlegare.

Figur 10.1 viser utviklinga i energibruken i bygningsmassen dei siste 18 åra. Energibruk frå datasenter og transport blir inkludert som energibruk i bygg i SSBs statistikk, og har medverka noko til auken dei siste åra. Utetemperatur kan gi store utslag på energibruken frå eitt år til eit anna. Oppvarming og tappevatn står for ein stor del av energibruk i bygg. For yrkesbygg utgjer det om lag 45 prosent, mens det for hushald er estimert til 78 prosent av energibruken. I følgje NVE kan samla energibruk til oppvarming av bustader og yrkesbygg variere med opptil 10 TWh mellom svært kalde år som 2010, og svært milde år som 2014.

Figur 10.1 Sluttbruk av energi i bygg 2000–2018, TWh

Figur 10.1 Sluttbruk av energi i bygg 2000–2018, TWh

Kilde: SSB

Bygningsmassen er samansett, og ulike faktorar avgjer kva som er eit fornuftig tiltak for å energieffektivisere det enkelte bygg. Energitiltak i bygg kan delast i tre hovudkategoriar:

  1. tiltak på bygningskroppen

  2. skifte til meir energieffektive elektriske apparat og oppvarmingsløysingar

  3. meir effektiv drift av tekniske installasjonar

Tiltak på bygningskroppen, som betre isolerte veggar, golv, tak, vindauge og dører vil medverke til å avgrense varmetapet i bygg. Slike tiltak kan medverke til betydelege energiresultat og dempe effekttoppane vinterstid. Energieffektiviseringstiltak på bygningskroppen i eksisterande bygg skjer normalt i tilfelle der bygningar treng oppgradering av fleire årsaker.

NVE anslår at apparat og teknisk utstyr står for om lag 20 prosent av energibruken i hushald og om lag 50 prosent i yrkesbygg. Det går føre seg ei teknologisk utvikling som gjer at slike apparat stadig blir meir energieffektive. Mykje av utviklinga av energieffektiv teknologi er driven fram av EUs produktregelverk (økodesign) som set minstekrav til produkta si energiyting. I Noreg er det investert varmepumper i nesten halvparten av alle einebustader. I følgje NVE er det om lag 750 000 varmepumper i drift, i hovudsak luft-luft varmepumper.

Effektiv drift av det tekniske systemet i bygget har stor verknad på energibruk. Ved å styre varme, lys, ventilasjon og eventuell kjøling ut frå behovet til brukarane i bygget vil ein oppnå betydelege effektiviseringsgevinstar. Enovas erfaringar viser at effektiv drift av offentlege bygg kan medverke til å redusere energibruken med så mykje som 30 prosent.

NVE har analysert utviklinga i energieffektiviseringa i bygg basert på ei vurdering av lønnsemd ved typiske energieffektiviseringstiltak frå 2016 fram til 2030. Hovudkonklusjonane i analysen vart attgjevne i Prop. 1 S (2017–2018) for Olje- og energidepartementet. NVE har seinare gjort supplerande berekningar. Analysen tek utgangspunkt i eksisterande verkemiddel på området. Hovudresultata er attgjevne i boks 10.1.

Boks 10.1 Energieffektivisering i Noreg 2016 til 2030

I følgje NVEs berekningar vil det bli gjennomført tiltak på bygningskroppen som vil medverke til ein redusert energibruk på om lag 4 TWh i eksisterande bygg i 2030 samanlikna med 2016.

Meir effektiv drift og utskifting til meir energieffektive oppvarmingsløysingar og apparat er berekna å kunne medverke med ein redusert energibruk på 5 TWh.

Delar av bygningsmassen vil bli fornya fram mot 2030. NVE meiner at energibruken i dei bygga som blir rivne i perioden fram mot 2030 utgjer om lag 6 TWh. Erstattar ein dette arealet med nye bygg etter gjeldande byggteknisk standard, vil desse bruke i underkant av 4 TWh i 2030. Det representerer derfor ei energieffektivisering på 2 TWh.

Kilde: NVE

10.3 Verkemiddelpakke med nye og eksisterande verkemiddel

Noreg har i dag sterke verkemiddel for å fremje meir effektiv bruk av energi i nye og eksisterande bygg. Verkemidla kan delast inn i tre hovudgrupper:

  1. reguleringar

  2. økonomiske verkemiddel

  3. informasjonsverkemiddel

10.3.1 Reguleringar

I byggteknisk forskrift (TEK) er det stilt krav til energiyting som er retta mot ventilasjonssystem og varmetapet i bygget. Krava gjeld for nye bygg og eksisterande bygg ved vesentleg endring eller vesentleg reparasjon. Energikrava i TEK vart stramma inn med 25 prosent i 2007 og med ytterlegare 20–25 prosent i 2016. SINTEF Byggforsk har funne at norske energikrav er blant dei strengaste i Europa.

Økodesigndirektivet sett krav om miljøvennleg utforming av produkt. Krava omfattar energieffektivitet, utslepp, materialbruk og lydnivå. EUs energimerkedirektiv set krav til energimerking av produkt. Økodesignkrava er stramma inn over tid, og gjer at dei minst energieffektive apparata blir tekne bort frå marknaden. Ein NVE-studie frå 2018 viser at økodesign- og energimerkekrava til ti utvalte hushaldsapparat, gir ei energiinnsparing på 3 TWh i 2030. Belysning inngjekk ikkje i studien frå 2018, men i ei ny studie frå 2019 kjem NVE fram til at økodesignkrava til belysning gir ei energisparing på 1 TWh i 2030.

Regjeringa har vedteke forbod mot bruk av mineralolje (olje og parafin) til oppvarming av bygg i 2020. Fyring med mineralolje gir dårlegare energiutnytting enn aktuelle alternativ som panelomnar og varmepumper. Utfasinga av mineralolje til oppvarming i bygg vil derfor medverke til meir effektiv energibruk.

10.3.2 Økonomiske verkemiddel

Enova har fleire støtteprogram for å fremje energieffektivisering i både bustader og yrkesbygg. Det blir gitt støtte til tiltak på bygningskropp, utskifting til meir effektive oppvarmingsløysingar, ny teknologi og investeringar for meir effektiv drift av bygg, blant anna såkalla Energy Performance Contract (EPC). I perioden 2011–2018 støtta Enova 73 EPC-prosjekt i kommunar og fylkeskommunar. Desse prosjekta omfattar over 800 bygg.

Enova støttar fleire nye og innovative energiløysingar i bygg. I 2018 gav Enova støtte til over 15 000 små og store energiprosjekt i bygg. I perioden 2012–2018 er det tildelt om lag 4 mrd. kroner til byggrelaterte prosjekt, med eit energiresultat på om lag 2,5 TWh.

Det blir betalt avgift for elektrisk kraft som blir levert i Noreg. Avgifta er i hovudsak fiskalt grunngitt, men kan òg medverke til å avgrense energiforbruket. Avgiftene på mineralolje og gass vil også stimulere til energieffektivisering.

10.3.3 Informasjonsverkemiddel

For å kunne vurdere lønnsemda ved energieffektivisering er det avgjerande at energien er målt og prisa riktig. Dei nye smarte straummålarane (AMS) gir forbrukarar betre informasjon om straumforbruket sitt. Enova har fleire prosjekt i samarbeid med marknadsaktørar der dei utforskar moglegheitene som oppstår gjennom innføringa av AMS.

Det kan vere komplisert å få oversikt over aktuelle energieffektiviseringstiltak. Ulike merkeordningar, informasjons- og rådgivingstenester er med på å hjelpe forbrukarar med å velje dei gode løysingane.

Energimerkeordninga for bygg gjer det mogleg å samanlikne ulike bygningar si energiyting. Enova driftar og utviklar vidare ordninga med sikte på å oppnå gevinstar i samspel med sine verkemiddel elles. EUs energimerkedirektiv er òg eit informasjonsverkemiddel.

Enova har ei eiga rådgivingsteneste kalla «Enova svarer». Tenesta består av eit gratisnummer, chat og e-post der private og profesjonelle aktørar kan ta kontakt for råd og rettleiing om energieffektivisering. Året 2018 vart eit rekordår for tenesta med svar på nesten 80 000 førespurnader.

Enova og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har informasjonsverksemd knytt til forvaltninga av konkrete verkemiddel; Enova som utviklar og forvaltar av støtteordningar og DIBK som forvaltar av TEK. DiBK har bygt vidare på Lågenergiprogrammet sin kompetanse og resultat. Lågenergiprogrammet hadde ei viktig rolle i leverandørbransjen med informasjon og rådgiving med sikte på kompetanseheving.

10.4 Nye verkemiddel

Eksisterande verkemiddel for energieffektivisering i bygg vil bli ført vidare. Fleire nye verkemiddel er under utvikling, og eksisterande verkemiddel vil bli forbetra. I Granavolden-plattforma har regjeringa bestemt at EUs energieffektiviseringsdirektiv skal gjennomførast med nødvendige tilpassingar. Både bygningsenergidirektivet (2010/31/EU) og energieffektiviseringsdirektivet (2012/12/EU) skal gjennomførast med nødvendige tilpassingar.

Nokre av krava i bygningsenergidirektivet er allereie gjennomførte i Noreg, som f.eks. krav om energimerkeordning for bygg og minimumskrav til bygningar si energiyting i TEK. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å forenkle og gjere tydeleg dagens reglar i TEK for eksisterande bygg. Olje- og energidepartementet ser på korleis energimerkeordninga for bygg kan bli meir relevant for eksisterande bygg, der potensialet for energiinnsparingar er størst. Bankar har nyleg fått tilgang til bustader sitt energimerke og fleire bankar tilbyr no såkalla «grøne bustadlån» med gunstige lånevilkår.

I bygningsenergidirektivet er det utvida krav til energivurdering av tekniske system. Tekniske system omfattar varme-, varmtvass- og klimaanlegg, store ventilasjonssystem og kombinasjon av desse. Det er stilt krav til energiytinga til tekniske system ved installasjon i eksisterande bygningar, og kravet skal gjelde for nyanskaffingar, oppgraderingar og utskiftingar.

Energieffektiviseringsdirektivet stiller krav om at store føretak skal gjennomføre ei systematisk kartlegging av energibruken og identifisere lønnsame energieffektiviseringstiltak. Dette vil leggje grunnlag for å kunne vurdere konkrete energieffektiviseringstiltak i bygg.

10.5 Konkret nedtrappingsplan i bygg

I energieffektiviseringsdirektivet er det krav om å etablere ein langsiktig strategi for rehabilitering av bygg. Strategien skal oppdaterast kvart tredje år og skal minst innehalde

  • oversikt over den nasjonale bygningsmassen

  • identifisering av kostnadseffektive metodar for rehabilitering av bygg

  • politikk og verkemiddel for å fremje totalrehabilitering av bygningar

  • gi perspektiv som kan guide privatpersonar, byggebransjen og finansinstitusjonar i investeringsavgjerder

  • overslag over venta energiinnsparingar og ringverknader

Strategien vil svare på oppmodingsvedtaket frå stortinget om konkret nedtrappingsplan i bygg. Regjeringa legg opp til at ein slik strategi skal vere ein integrert del av den generelle bustad- og bygningspolitikken.

Kravet til innhaldet i strategien er utvida i endringsdirektivet til bygningsenergidirektivet (2018/844/EU) som vart vedteke i juni 2018. Departementet arbeider med ei EØS-rettsleg vurdering og kartlegging av behov for moglege tilpassingar.

Fotnoter

1.

Tor II er ikkje vidare omtalt eller inkludert i tabellen under ettersom PUD enno ikkje er godkjent av styresmaktene.

2.

Alle tal for utslepp til luft er frå SSBs førebelse tal for utslepp til luft for 2017.

3.

Definisjonen av petroleumsverksemda følgjer her SSBs utsleppsrekneskap. SSBs utsleppsrekneskap inkluderer nokre fleire utslepp frå landanlegg enn det som går fram av Oljedirektoratets utsleppstal jf. omtale i Norsk Petroleum.

Til forsiden