Del 2
Budsjettframlegget for 2020
5 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programkategori 00.30 Regjeringa
Utgifter under programkategori 00.30, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
20 | Statsministerens kontor | 119 964 | 121 200 | 123 500 | 1,9 |
21 | Statsrådet | 179 375 | 190 200 | 207 800 | 9,3 |
24 | Regjeringsadvokaten | 109 632 | 120 200 | 122 500 | 1,9 |
Sum kategori 00.30 | 408 971 | 431 600 | 453 800 | 5,1 |
Statsministerens kontor og Statsrådet
Statsministerens kontor stør statsministeren i arbeidet med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane.
Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp Statsrådet sine møte hos Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemene si deltaking i enkelte debattar og munnlege spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg stø statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret arbeidsgjevarfunksjonar for regjeringsmedlemene og andre politikarar i departementa.
Statsministerens kontor har tre avdelingar (administrativ og konstitusjonell avdeling, innanriksavdelinga og internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon. Regjeringa si bilteneste høyrer inn under administrativ og konstitusjonell avdeling.
Regjeringsadvokaten
Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre sivile rettssaker på vegner av staten og gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt behovet sitt for advokattenester på ein god måte, og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatte embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vere rask og god.
Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.
Kap. 20 Statsministerens kontor
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 119 964 | 121 200 | 123 500 |
Sum kap. 0020 | 119 964 | 121 200 | 123 500 |
Rapport 2018
Post 01 Driftsutgifter
Statsministerens kontor har støtt statsministeren i å leie og samordne arbeidet til regjeringa, m.a. med å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Om lag 80 pst. av utgiftene i 2018 var løn og godtgjersler til tilsette. Andre større utgifter var husleige og reiseutgifter.
Budsjett 2020
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kap. 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Framlegget inneber ei budsjettramme på 123,5 mill. kroner.
Implementeringa av ny sikkerheitslov
Ny lov om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje våre nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.
For å verne dei nasjonale sikkerheitsinteressene, legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale sikkerheitssinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kgl. res. 20. desember 2018 pkt. 3 bokstav e skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den sikkerheitsfaglege kompetansen i departementa.
Statsministerens kontor fastsette GNF i eigen sektor 29. april 2019. Implementeringa av ny sikkerheitslov med tilhøyrande forskrifter held fram i andre halvår 2019.
Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber mellom anna at objekt som er klassifiserte etter gammal sikkerheitslov, også er klassifiserte etter ny lov, jf. kgl. res. 20. desember 2018 pkt. 2 bokstav d.
Kap. 21 Statsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 179 375 | 190 200 | 207 800 |
Sum kap. 0021 | 179 375 | 190 200 | 207 800 |
Rapport 2018
Post 01 Driftsutgifter
Større utgifter i 2018 har vore løn til regjeringa og dei politisk tilsette i departementa, investeringar i Regjeringa si bilteneste, reiseutgifter og husleige for pendlarbustader.
Som følgje av endringar i regjeringa 17. januar 2018 auka utgiftene samanlikna med 2017.
Budsjett 2020
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kap. 21 Statsrådet skal dekkje lønsutgifter for regjeringsmedlemane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane, og ein del andre utgifter knytt til den politiske leiinga i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser, besøksreiser for familie og tenestereiser. Løyvinga dekkjer dessutan alle driftsutgifter knytt til Regjeringa si bilteneste.
Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for politisk ledelse», fastsett ved kongeleg resolusjon 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk ledelse», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.
Framlegget inneber ein budsjettramme på 207,8 mill. kroner, som er ein auke med 17,6 mill. kroner frå Saldert budsjett 2019. 5 mill. kroner gjeld ekstraordinær investering i regjeringa si bilteneste, og 8 mill. kroner er som følgje av endringar i regjeringa 22. januar 2019.
Fullmakt til overskriding
I samråd med politiet set Statsministerens kontor i verk visse tryggingstiltak for regjeringa. Det er vanskeleg å budsjettere behova, og dei kan endre seg i løpet av budsjettåret. Difor gjer ein framlegg om samtykkje til at Statsministerens kontor i 2020 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter, for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa, jf. framlegg til romartalsvedtak III.1.
Kap. 3021 Statsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
02 | Diverse refusjonar | 39 | 100 | 100 |
Sum kap. 3021 | 39 | 100 | 100 |
Post 02 Diverse refusjonar
Posten dekkjer i hovudsak refusjonar av utgifter der Statsministerens kontor har lagt ut for andre, til dømes der representantar frå næringslivet, politiske parti og presse deltek på reiser og skal dekkje kostnadane sjølve. Refusjonsbeløp kan variere mykje frå år til år. Det vert difor gjort framlegg om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 21, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter på posten, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Kap. 24 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 97 939 | 106 200 | 108 100 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 11 693 | 14 000 | 14 400 |
Sum kap. 0024 | 109 632 | 120 200 | 122 500 |
Rapport 2018
I 2018 kom det inn 1 081 nye saker til Regjeringsadvokaten, ein nedgang på 3 pst. i høve til 2017.
Utviklinga går likevel i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at sakene oftare har eit internasjonalt tilsnitt. Difor aukar behovet for spesialkompetanse innan menneskerettar, EØS-rett og allmenn folkerett.
Av dei nemnde sakene er 827 rettssaker (813 i 2017), 140 rådgjevande fråsegner (183 i 2017) og 114 høyringar (120 i 2017). Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del.
Utlendingssakene viser ein nedgang til 159 saker (175 saker i 2017). Talet på psykisk helsevernsaker var 263 i 2018, det høgaste talet dei siste 15 åra. Talet på trygdesaker auka frå 88 saker i 2017 til 105 i 2018.
Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er høg. Noko vert løyst ved å setje ut saker til private advokatar og ved noko eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sett ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Viktige saker må behandlast av Regjeringsadvokaten.
Budsjett 2020
Post 01 Driftsutgifter
Framlegget inneber ei budsjettramme på 108,1 mill. kroner for 2020. Løyvinga skal fyrst og fremst dekkje løns- og driftsutgifter hos Regjeringsadvokaten. For å sikre eit kvalifisert advokatkorps i ei tid der sakene stadig vert meir innfløkte, er Regjeringsadvokaten meir enn før nøydd til å halde på dei mest røynde advokatane, særleg dei som har møterett for Høgsterett.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar, til dømes utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker. Talet på nye rettssaker er uvisse.
Framlegget inneber ei budsjettramme på 14,4 mill. kroner.
Kap. 3024 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 74 552 | 19 000 | 19 600 |
Sum kap. 3024 | 74 552 | 19 000 | 19 600 |
Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker
Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten var prosessfullmektig. Inntektene er vanskeleg å anslå, og det vert difor gjort framlegg om ei ramme for 2020 på 19,6 mill. kroner.
Programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ
Utgifter under programkategori 00.40, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
41 | Stortinget | 1 882 248 | 1 595 800 | 1 345 800 | -15,7 |
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | 6 909 | 7 300 | 7 500 | 2,7 |
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | 87 881 | 88 900 | 91 100 | 2,5 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 18 952 | 51 200 | 26 000 | -49,2 |
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | 22 951 | 25 000 | 25 700 | 2,8 |
51 | Riksrevisjonen | 541 582 | 563 900 | 577 100 | 2,3 |
Sum kategori 00.40 | 2 560 523 | 2 332 100 | 2 073 200 | -11,1 |
Kap. 41 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 946 707 | 956 500 | 973 300 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 373 | 3 600 | |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 726 056 | 412 800 | 139 600 |
50 | Sannings- og forsoningskommisjonen | 8 000 | 10 000 | |
70 | Tilskot til partigruppene | 188 041 | 197 000 | 197 000 |
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek | 1 500 | 1 500 | 1 500 |
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 14 659 | 15 000 | 15 500 |
74 | Reisetilskot til skular | 4 912 | 5 000 | 5 300 |
Sum kap. 0041 | 1 882 248 | 1 595 800 | 1 345 800 |
Hovudoppgåver
Oppgåvene og arbeidsordninga til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, lover, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjering og forvaltning.
Stortingets administrasjon skal organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet og leggje til rette for at representantane kan vareta verva sine. Administrasjonen skal formidle kunnskap om Stortingets verksemd og folkestyret. Stortingets administrasjon skal drifte og modernisere Stortingets bygningar og system på ein måte som tek vare på dei historiske verdiane.
Det administrative arbeidet skal utførast slik at det sikrar omdømet til Stortinget på best mogleg måte. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell, effektiv og samfunnsmedviten av stortingsrepresentantane og andre målgrupper. Stortingets administrasjon har ein felles kultur basert på verdiane hjelpsam, ansvarleg, påliteleg og open.
Direktøren er den øvste leiaren for Stortingets administrasjon og står direkte under Stortingets presidentskap.
Prioriteringar for 2020
Budsjettet for 2020 er, som i dei seinare åra, prega av moderasjon og auka kostnadskontroll. Stortingets administrasjon tek òg i 2020 ein reduksjon i løyvinga tilsvarande avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, og investeringsbudsjettet blir redusert etter ferdigstilling av Prinsens gate 26 (inkludert post- og varemottak og tunnel), Wessels plass og tilhøyrande sikringsprosjekt.
Stortingets administrasjon har dei seinare åra gjennomført ei rekkje tiltak for å utvikle styringa si og dei administrative prosessane sine, og har arbeidd strukturert med å tilnærma seg dei standardane og krava som gjeld i staten elles. Frå 1. januar 2020 vil det liggje føre ein ny strategi som skal fokusere på dei områda Stortingets administrasjon skal vidareutvikle. Arbeidet med modernisering og effektivisering skal bli prioritert i 2020 og i åra framover, og administrasjonen vil prioritere gjennomføring av utviklingstiltak som gjev effektiviseringsgevinstar. Utviklingsarbeidet skal sikre at dei prosessane og tenestene som blir ytte, er målretta, nyttige og effektive, samstundes som tenestene skal ytast så kostnadseffektivt som mogleg.
Budsjettet elles prioriterer auka innsats overfor barn og unge, mellom anna i samband med at det i 2019 er investert i eit nytt læringsspel. Etter mange år med omfattande ressursbruk i samband med Prinsens gate 26 (med post- og varemottak og tunnel), og det siste året òg tilknytta prosjekt som til dømes Wessels plass, er investeringsbudsjettet for 2020 tilbake på eit meir normalt nivå. Dette nivået skal sikre vedlikehald og forvaltning av bygg og IKT, saman med normal utviklingsaktivitet i administrasjonen.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar løn og godtgjersler for stortingsrepresentantar og tilsette og utgifter til Stortingets kjøp av varer og tenester.
Det følgjande er ein gjennomgang av sentrale oppgåver, og av tidlegare resultat og prioriteringar framover innanfor Stortingets hovudmål.
Eit vitalt parlamentarisk arbeid
Administrasjonen skal sikre god kvalitet og kontinuitet i støtta til presidentskapet og representantane. Administrasjonen varetek alle funksjonar som knyter seg til den verksemda Stortinget utøver som konstitusjonelt organ, medrekna Stortingets saksbehandling og arbeidsordning, forretningsorden og løyvingsreglement, komitéreiser og formelle spørsmål i tilknyting til verksemda i komiteane, og til Stortingets internasjonale arbeid. Dessutan hentar administrasjonen inn og legg til rette for informasjon til arbeidet i Stortinget, og dokumenterer Stortingets verksemd.
Frå og med haustsesjonen 2019 blir det innført faste voteringstidspunkt i Stortinget. Hovudføremålet med dette er å gjere arbeidet meir føreseieleg for representantane, slik at det blir enklare for dei å planleggje si eiga tid. Endringa vil bli evaluert etter å ha verka gjennom ein heil sesjon.
Det har dei siste par åra gått føre seg ei omfattande utvikling i IT-støtta knytt til det parlamentariske arbeidet, gjennom ei større fornying av dagens elektroniske parlamentariske oppfølgingssystem. Arbeidet har halde fram som planlagt i 2019 og fortset inn i 2020. Likevel er det teke avgjerd om å sjå saksbehandlingsdelen av dette i samanheng med eit mogleg større arbeid knytt til digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga. Det er sett i gong eit arbeid med å utforme eit målbilete for dette.
Andre brukarvenlege IT-verktøy for representantar, komitear og partigrupper blir ferdigstilte og tekne i bruk i 2019. Det blir lagt vekt på brukarvenleg og påliteleg digital støtte tilpassa den parlamentariske saksgangen. Nytt arbeidsverktøy får eit enklare og meir einsarta brukargrensesnitt tilpassa ulike brukarbehov.
Aktuell kunnskapsformidling om folkestyret
Stortinget skal formidle aktuell kunnskap om folkestyret, og på den måten leggje eit grunnlag for engasjement og demokratisk deltaking. Kommunikasjonen med omverda skal vere aktiv og relevant og opne for samhandling mellom folket og dei folkevalde, særleg retta mot vaksne med låg demokratisk deltaking, førstegongsveljarar og folk som i arbeidet sitt er i kontakt med Stortinget.
Gjennom kanalane sine informerer Stortinget fortløpande om arbeidet dei folkevalde gjer, og om sakene som blir behandla. Stortingets nettstad gjev brukarane tilgang til all informasjon om sakene Stortinget behandlar, møter og høyringar, biografiar m.m., og utgjer kjerneinformasjonen om det parlamentariske arbeidet. Møte i salen og høyringar er opne for publikum, og ein kan følgje debattane anten via internett eller ved sjølv å vere til stades. Gjennom sosiale medium, brosjyrar, filmar og tekstar på nett kan kvar enkelt setje seg inn i og lære om Stortingets oppgåver og arbeid. Omvisingar, utstillingar og interaktive spel gjev levande og engasjerande formidling til dei som besøkjer Stortinget.
Stortingets opne datateneste er teken i bruk som datagrunnlag for andre nettsider, til forskingsprosjekt og til undervising. Tenesta er òg mykje brukt av journalistar. For å gjere datamaterialet tilgjengeleg for fleire vil administrasjonen i 2020 arbeide med å lage løysingar for visualisering (som infografikk) med utgangspunkt i data frå den opne datatenesta.
Stortinget har sidan 2017 satsa på sosiale medium. Stortinget ønskjer å formidle stortingskunnskap til brukarane der dei er, noko som har ført til kontakt med opp mot fleire tusen menneske månadleg i sosiale medium. For å lukkast i det vidare arbeidet skal Stortinget produsere innhald av høg kvalitet og utvikle seg i tråd med endringane i kanalane.
Det har sidan 2017 vorte arbeidd med eit nytt læringsspel som skal kome i staden for Minitinget, læringsspelet som Stortinget har hatt frå 2005. Det kjem elevar i den vidaregåande skulen frå heile landet og får kunnskap om Stortinget gjennom læringsspel. Det nye læringsspelet skal etter planen bli teke i bruk i 2020.
Stortinget har i 2019 gjennomført ein føranalyse for arbeidet med digital langtidsbevaring, og arbeidet med å få på plass ei løysing for digital langtidsbevaring vil halde fram i 2020.
Prosjektfasen i arbeidet med å leggje til rette for innsyn og forsking basert på å gjere tilgjengeleg den upubliserte dokumentasjonen frå komitéarbeid og administrasjonsverksemda, blir avslutta i 2019. Arbeidet blir vidareført som ein del av det ordinære arbeidet i stortingsarkivet.
Smart representantservice
Stortingets representantar skal bli tilbydd framtidsretta og tilpassa administrative tenester og verktøy som bidrar til at dei kan konsentrere seg om det parlamentariske arbeidet. Administrasjonen yter direkte service overfor stortingsrepresentantane når det gjeld løn, godtgjersler, reiser, bustader, pensjonar, forsikringar, arbeidsforhold og velferdsordningar.
I 2019 er det gjennomført endringar i ordningane for representantane, særleg innanfor reiser. Her er det innført strengare reglar, auka dokumentasjonskrav og fleire kontrolltiltak. Pendlereglane er stramma inn. Det går føre seg eit arbeid gjennom 2019 med gjennomgang av ordninga for tilskot til stortingsgruppene.
I framtida skal servicetenestene som blir tilbydde, i endå større grad vere brukarorienterte og tilpassa dei kanalane og stadene representantane er, slik at tenestene som blir tilbydde, blir opplevde som relevante. Dette krev auka heilskapsorientering og meir samhandling i arbeidsprosessane, med sikte på å betre den samla brukaropplevinga med meir effektiv ressursbruk.
Profesjonell drift og utvikling av bygningane
Stortingets administrasjon skal forvalte, drifte og utvikle Stortingets eigedommar, slik at dei gjev trygge og gode rammer for det parlamentariske arbeidet samstundes som dei funksjonelle behova i stortingsbygningen, og annan bygningsmasse, blir godt tekne vare på. Arkitektoniske og kulturhistoriske forhold i bygningsmassen skal bli varetekne.
Eigedomsområdet har dei seinare åra vore prega av byggeprosjektet Prinsens gate 26 med post- og varemottak og tilkomstkulvert. Desse arbeida, og dei tilgrensande prosjekta med Wessels plass og tilhøyrande sikringsprosjekt, blir ferdigstilte i 2019. Stortinget vedtok våren 2019 eit nytt reglement for Stortingets byggje- og leigesaker, med utgangspunkt i instruks om handtering av byggje- og leigesaker i statleg sivil sektor. Dette blir gjort for å leggje Stortinget under dei same krava til utgreiing og kvalitetssikring som anna statleg verksemd, og vil mellom anna innebere at Stortinget skal bruke Statsbygg som byggherre i store byggeprosjekt.
Framover vil Stortinget rette merksemda mot ytterlegare profesjonalisering, drift og utvikling av bygningsmassen. Stortingets administrasjon har utvikla ein planmetodikk for drift og vedlikehald basert på kontinuerleg vurdering av kva tilstandsgrad bygningsmassen er i. Langtidsplan for drift og vedlikehald av bygningsmassen skal etablerast i løpet av året. Nytt elektronisk verktøy for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bygningsmassen bidrar til profesjonell drift og utvikling av bygningane. Arealdata gjev underlag for analyser av arealutnytting, og dette vert lagt til grunn i arbeidet med fortetting og nødvendig bygningsmessig tilrettelegging, slik at leigeforholdet i Stortingsgata 6 kan avviklast.
Stortingets administrasjon skal følgje den nye sikkerheitslova med visse tilpassingar frå 1. januar 2020, og det vil i 2020 bli jobba med vidareutvikling av tryggingsarbeidet ved Stortinget. Sprinkling av stortingskvartalet blei ferdigstilt i 2019, og sikring av bygningsmassen, inklusiv brannvern, held fram i 2020.
For 2020 ber ein om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 41, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3041, post 01 Salsinntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Stortinget vedtok våren 2019 å setje ned eit utval som skal greie ut Stortingets kontrollfunksjon. Stortingets kontroll med regjeringa – den utøvande statsmakta – er ei av Stortingets viktigaste oppgåver og har sentral konstitusjonell og politisk betyding. Sett i lys av at det no snart er 20 år sidan den førre store gjennomgangen av dette, og at ulike spørsmål knytte til utøvinga av Stortingets kontrollfunksjonar jamleg blir debatterte, er det no ønskeleg med ein ny prinsipiell gjennomgang av utvalde spørsmål. Utvalet skal bestå av stortingsrepresentantar og nokre ekspertar, og skal leggje fram innstillinga si innan 31. januar 2021. Til utvalsarbeidet er det ført opp forslag om ei løyving på 3,6 millionar kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyving over posten er knytt til forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bygningsmassen, investeringar innan IKT og andre investeringar i utviklingstiltak. For 2020 er forslaget til løyving på denne posten meir tilpassa eit normalnivå, etter mange år med store investeringar spesielt knytte til byggjeprosjektet Prinsens gate 26.
Wessels plass blir i 2019 tilbakeført som eit attraktivt byrom med integrert utvendig sikring av Stortinget. Sluttoppgjer for Wessels plass kan gå inn i 2020. Tiltak for å etablere permanent i staden for mellombels utvendig sikring av Stortinget blir vidareført i 2020 og påfølgjande år på områda Eidsvolls plass, Karl Johans gate, Stortings plass og Akersgata. Sikringstiltaka blir planlagde i samarbeid med Oslo kommune og Riksantikvaren.
Prinsens gate 26 blei teken i bruk i januar 2019, og prøvedrift er utført gjennom året. Sluttoppgjeret vil gå inn i 2020. Evaluering av prosjektet, med vekt på læringspunkt, vil bli gjennomført i 2020. Stortinget inngjekk i juni 2019 forlik i tvist med Multiconsult om leveransar i Stortingets byggeprosjekt Prinsens gate 26. Forliket gjekk ut på at Multiconsult dels betalte erstatning til Stortinget, og dels gav eit prisavslag på sitt honorar i prosjektet. Samla er beløpet på 55 millionar kroner.
I framlegg til romartalsvedtak X ber ein om samtykke til på kap. 41, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, å nettoføre som utgiftsreduksjonar ein del refusjonar i samband med byggje- og sikringsprosjekt.
Post 50 Sannings- og forsoningskommisjonen
Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samar, kvener og norskfinnar (sannings- og forsoningskommisjonen) blei oppnemnd ved Stortingets vedtak 14. juni 2018. Kommisjonen skal være ferdig med sitt arbeid innan 1. september 2022, og skal overlevere rapporten sin til Stortingets presidentskap.
Kommisjonen er sett saman av 12 medlemer. Det er etablert eit fagleg kompetent sekretariat for kommisjonen med 3,5 personar tilsette på heiltid. Det er ein føresetnad at kommisjonen innhentar personlege erfaringar ved å oppsøkje samiske og kvenske/norsk-finske miljø rundt om i dei distrikta det vedkjem.
Kostnadane i samband med verksemda til kommisjonen i 2020 blir berekna til 10 millionar kroner. Sekretariatet for kommisjonen er lokalisert ved UiT Norges arktiske universitet i Tromsø, og medarbeidarane er tilsett ved UiT. Midlar til drift av kommisjonen og sekretariatet vil bli tildelte UiT, med rekneskaps- og rapporteringsplikt til Stortinget.
Post 70 Tilskot til partigruppene
Posten omfattar tilskota frå Stortinget til gruppesekretariata i partia og uavhengige representantar. Tilskotet til kvar stortingsgruppe er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget.
Post 72 Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek
Posten omfattar tilskot til biblioteket ved Nobelinstituttet.
Post 73 Kontingentar, internasjonale delegasjonar
Posten omfattar kontingentane til Nordisk råd, OSSEPA og IPU.
Post 74 Reisetilskot til skular
Posten omfattar støtte til søkjarar frå skular som besøkjer Stortinget.
Kap. 3041 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Salsinntekter | 10 001 | 9 300 | 6 300 |
03 | Leigeinntekter | 1 295 | 1 100 | 1 100 |
Sum kap. 3041 | 11 296 | 10 400 | 7 400 |
Kap. 42 Ombodsmannsnemnda for Forsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 6 909 | 7 300 | 7 500 |
Sum kap. 0042 | 6 909 | 7 300 | 7 500 |
Hovudoppgåver
Ombodsmannsnemnda skal bidra til å sikre dei allmennmenneskelege rettane for Forsvarets personell, og ved arbeidet sitt søkje å medverke til å effektivisere Forsvaret. Ombodsmannsnemnda består av sju medlemer som blir valde av Stortinget for fire år om gangen. Leiaren av nemnda har tittelen Ombodsmannen for Forsvaret, er årslønt og leiar ombodsmannens administrasjon. Ombodsmannens kontor består av 3,8 årsverk som er fordelte på fire personar. Ombodsmannsordninga blei vedteken av Stortinget i 1952 og var den første ombodsordninga for militært personell i verda.
I 2018 blei det føreslått at ombodsmannsordninga også skulle vere ei ordning for Forsvarets veteranar. Dette er det gjeve tilslutning til, og endring av instruks og lovgjeving er sett i prosess. I praksis fungerer nemnda allereie som ombodsordning for veteranar.
Vernepliktige, befal, sivilt tilsette i forsvarssektoren og Forsvarets veteranar kan klage til Ombodsmannen dersom dei meiner seg urett, urettferdig eller urimeleg behandla. Ombodsmannen behandlar kring 100 klagar kvart år. I tillegg blir det behandla ei betydeleg mengd førespurnader som blir løyste på ein enklare måte.
Ombodsmannsnemnda gjennomfører årleg ei rekkje synfaringar til militære avdelingar og tenestestader. Nemnda fokuserer særskilt på dei vernepliktige generelt, og spesielt på eigedom, bygg og anlegg (EBA) og personleg kledning og utrusting (PBU). Nemnda fokuserer òg på ulike forhold for dei tilsette i Forsvaret, under dette HMS-forhold og varetaking ved omorganisering og endringar. Etter kvar synfaring blir det skrive synfaringsrapport.
Ombodsmannen samarbeider nært med TVO-ordninga i Forsvaret og med organisasjonane til dei tilsette. På same vis har nemnda eit aukande samarbeid med dei ulike veteranorganisasjonane i Forsvaret.
Ombodsmannen deltek òg i internasjonalt arbeid i regi av DCAF (Democratic Control of Armed Forces), ICOAF (International Conference Ombudsman for Armed Forces) og OSCE (Organization for Security and Co-operation in Europe). Vidare blir ombodsmannen stadig invitert til deltaking for å orientere og presentere den norske modellen i ei rekkje land som ønskjer å innføre demokratiske institusjonar til kontroll av væpna styrkar. Dette arbeidet er stadig aukande.
Melding til Stortinget
Ombodsmannsnemnda sender årleg melding om verksemda si til Stortinget – Dokument 5. Gjenpart av meldinga blir send Forsvarsdepartementet og Forsvarets organ og avdelingar. Nemnda kan òg, når ho finn det ønskeleg, sende rapport til Stortinget om enkeltsaker gjennom året.
Av Dokument 5 for 2018–2019 går det fram at det samla talet på klagar held seg relativt stabilt. Klagar frå vernepliktige handlar mellom anna om innkalling til HV-øvingar, bytte av tenestestad, arbeidstid og økonomiske forhold. Klagane frå befal gjeld ofte relegering, forbigåing ved tilsetjing, husleige og diverse tillegg.
Meldinga til Stortinget inneheld i tillegg fleire faste innspel frå einingar i Forsvaret som alle har eit betydeleg arbeid med og for personellet, slik som Tillitsvaldordninga (TVO), Forsvarsstabens HR-avdeling (FST/HR), Forsvarets sentrale Hovudverneombod, Feltprestkorpset og Generaladvokaten.
Kap. 43 Stortingets ombodsmann for forvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 87 881 | 88 900 | 91 100 |
Sum kap. 0043 | 87 881 | 88 900 | 91 100 |
Hovudoppgåver og organisering
Føremålet og oppgåvene til Sivilombodsmannen følgjer av lov om Stortingets ombudsmann for forvaltningen av 22. juni 1962, og av Stortingets instruks for Sivilombudsmannen av 19. februar 1980. Sivilombodsmannen blir vald av Stortinget for ein periode på fire år.
Som Stortingets tillitsmann skal Sivilombodsmannen føre kontroll med at det i den offentlege forvaltninga ikkje blir gjort urett eller feil mot den enkelte borgaren. Ombodsmannen skal òg bidra til at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene blir først og fremst varetekne gjennom undersøkingar og behandling av klagar frå enkeltpersonar, organisasjonar og selskap. Ombodsmannen står fritt til å ta opp dei spørsmåla han meiner er av interesse, og kan setje i verk saker av eige tiltak. Slike undersøkingar er hovudsakeleg baserte på kjennskap til forhold i forvaltninga det kan vere grunn til å ta opp særskilt. Ombodsmannen er òg nasjonal førebyggande mekanisme for førebygging av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Vidare søkjer ombodsmannen å hindre urett gjennom ulike kommunikasjonstiltak, slik som føredragsverksemd. Gjennom meldingane sine til Stortinget gjev Sivilombodsmannen informasjon om korleis Grunnlova, lover og Stortingets vedtak i praksis blir brukte i forvaltninga, og om verksemda som følgjer av førebyggingsmandatet.
Ombodsmannens kontor er organisert i tre avdelingar som behandlar klagesaker innanfor ulike rettsområde, ei allmenn avdeling, ei eining for førebygging av tortur og ei administrasjonsavdeling.
Rapport for 2018
Årsmeldingane for 2018 frå ombodsmannen blei overleverte til Stortinget i mars 2019. Årsmeldinga for Sivilombodsmannen i Dokument 4 (2018–2019) gjer greie for hovudinntrykk frå klagesaksbehandlinga i 2018, og omtalar òg enkelte utviklingstrekk i forvaltninga, baserte på dei meir generelle erfaringane til ombodsmannen. Årsmeldinga for førebyggingseininga, Dokument 4:1 (2018–2019), gjev ei nærare omtale av førebyggingsarbeidet i 2018.
Klagesaksbehandling
Det kom inn 3 904 saker til ombodsmannens kontor i 2018. Dette er 300 fleire saker enn det føregåande året og det høgste talet nokosinne. 13 saker er i tillegg tekne opp på eige initiativ. Desse sakene er ressurskrevjande, men viktige. Den auka saksmengda fører til aukande saksavvikling, både for realitetsbehandla og avviste saker. Ombodsmannen jobbar målbevisst med å auke talet på rettkomne klagar.
Saksbehandlingstida hos Sivilombodsmannen gjekk i 2018 betydeleg opp. Denne auken kom hovudsakeleg av ein kraftig vekst i talet på klagar i 2017 og 2018. Det er eit mål å bruke så kort tid som mogleg på saker som må avvisast. For desse sakene har det i 2018 vore ein nedgang i saksbehandlingstida. Slik kan tida bli utnytta betre på saker som krev undersøkingar i forvaltninga. Saksbehandlingstida må sest i samanheng med saksinngangen.
Meir enn halvparten av sakene som var komne inn, blei avviste. For mange av sakene blir utfallet likevel positivt for klagaren, ved at ei sak løyser seg medan ho er til behandling hos Sivilombodsmannen. Dette skjer ofte etter ein telefon eller eit brev til det aktuelle forvaltningsorganet.
Sivilombodsmannens førebyggingsarbeid
Førebyggingseininga mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomstap blei oppretta ved Sivilombodsmannens kontor i 2014, i tråd med tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon (OPCAT). Førebyggingseininga har tilgjenge til å besøkje alle stader kor personar har fått fridomen sin teke frå seg, for å førebyggje tortur og annan grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Det blei gjennomført totalt elleve besøk til stader for fridomstap i 2018, samstundes som tidlegare gjennomførte besøk blei følgde opp. Sektorar som blei besøkte, omfatta fengsel med høgt sikkerheitsnivå, stader innan tvunge psykisk helsevern og barnevernsinstitusjonar. Det blei publisert ein temarapport om bruk av skjerming i tvunge psykisk helsevern som mellom anna samanfatta funn frå besøk til tolv sjukehus i perioden 2015–2018. Det blei òg gjeve ei rekkje presentasjonar av funn og utfordringar som førebyggingsarbeidet har avdekt, på fagkonferansar, i etatane, i offentlege debattar og til sivilt samfunn.
Menneskerettsarbeid
Sivilombodsmannens generelle arbeid på menneskerettsfeltet omfatta i 2018 mellom anna internasjonalt samarbeid, mottakingar av delegasjonsbesøk og bidrag i form av føredrag og deltaking i debatt i ulike samanhengar. Sentralt for arbeidet med menneskerettar i 2018 var høyringa av Noreg i FNs torturkomité i Genève, der Sivilombodsmannen ved førebyggingseininga var til stades. Sivilombodsmannen gav i forkant av høyringa innspel om bekymring for bruken av isolasjon i norske fengsel, bruken av skjerming i psykisk helsevern og rutinemessig bruk av tvang ved barnevernsinstitusjonar.
Ombodsmannen behandlar jamleg klagesaker som vedkjem Noregs menneskerettslege forpliktingar. Ei omtale av fråsegner i 2018 der det er vist til ei menneskerettsleg forplikting, finst i artikkelen «Arbeidet med menneskerettigheter» i årsmeldinga for ombodsmannen for 2018, Dokument 4 (2018–2019).
Mål og budsjett for 2020
Ettersom dei to mandata til ombodsmannen er fastsette i lov, har verksemda stabile føringar for kva hovudmål som skal nåast kvart år. Ein stor del av verksemda til ombodsmannen går årleg ut på å gjennomføre undersøkingar og gjere rettslege vurderingar av utvalde spørsmål. I fleire år har det vore eit mål at ombodsmannen skal prioritere arbeidsinnsatsen der han får størst betyding. Dette vil òg vere av vesentleg betyding framover, og det er reflektert i ny strategiplan for perioden 2019–2022.
Auken i talet på klagar frå 2017 er venta å vare ved. Det blir viktig men krevjande å kunne handtere denne veksten òg i 2020. Kapasitet og ressursar har innverknad for om førespurnader må kunne svarast på ein slik måte at det støttar opp under rolla til ombodsmannen. Ombodsmannen vil innanfor eksisterande ressursnivå forsøke å ta opp tilstrekkeleg mange saker, samstundes som kvaliteten på dei svara ombodsmannen gjev, skal vere god og saksbehandlingstida så kort som mogleg.
Målet om å bli betre kjent har vore følgt opp gjennom fleire år. Det blir teke sikte på at dette er eit mål òg for 2020, gjeve moglegheitene til å kunne følgje opp den auka sakstilgangen som følgjer av å bli betre kjent.
Funksjonen som nasjonal førebyggande mekanisme blir vidareutvikla i 2020. Besøk til stader der menneske har lidd fridomstap, vil bli vidareført. Ei avgjerd om kor mange og kva stader som skal besøkjast, vil måtte bli basert på ei risikovurdering av aktuelle sektorar og stader, i lys av kapasitet og ressursar. Det vil òg kunne vere aktuelt hovudsakeleg å fokusere på eit nærare bestemt tema som er spesielt aktuelt for mandatet. Det vil framleis bli lagt stor vekt på vidareutvikling av metodikk og kunnskapsgrunnlag. Som ledd i ei tett oppfølging vil det òg bli lagt vekt på oppfølging av stadene og sektorane som blir besøkte.
Internt vil det framleis bli arbeidd med utvikling av nye og betra teknologiske løysingar i 2020.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Sivilombodsmannens kjøp av varer og tenester.
Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 18 952 | 22 200 | 26 000 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 29 000 | ||
Sum kap. 0044 | 18 952 | 51 200 | 26 000 |
Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent utval, oppretta i 1996. Utvalet har sju medlemer. Medlemene blir valde for eit tidsrom på inntil fem år av Stortinget i plenum. Medlemene kan nemnast opp på nytt éin gong etter innstilling frå Stortingets presidentskap.
Hovudoppgåver
EOS-utvalet skal føre regelmessig tilsyn med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-teneste) som blir utført i den sivile og militære forvaltninga. Oppgåvene til kontrollutvalet er å gjennomføre inspeksjonar, undersøkje klagar og av eige tiltak ta opp saker som utvalet ut frå føremålet finn det rett å behandle. Hovudføremålet er å vareta rettstryggleiken til den enkelte og sjå til at tenestene respekterer menneskerettane.
Det blir årlig gjeve melding til Stortinget om verksemda til utvalet, og særskilte meldingar blir gjevne ved behov.
Rapport 2018
Utvalet har i 2018 gjennomført 20 inspeksjonar. PST er inspisert sju gonger, E-tenesta fire gonger, NSM to gonger og FSA to gonger. Etterretningsbataljonen, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Forsvarets spesialkommando, Telia Norge AS og Felles cyberkoordineringssenter er inspisert ein gong kvar.
I 2018 undersøkte utvalet 22 saker av eige tiltak, mot 31 saker i 2017.
Utvalet undersøkjer klagar frå enkeltpersonar og organisasjonar. Det kom inn 19 klagar til utvalet i 2018, mot 26 klagar i 2017. Utvalet har på formelt grunnlag avvist nokre klagesaker, mellom anna med heimel i at forholdet fell utanfor kontrollområdet til utvalet.
Utvalet meiner at ressursbruken har vore effektiv i 2018, både med tanke på kva det er brukt ressursar på, og korleis desse er blitt nytta.
Samla sett er utvalet fornøgd med resultat, måloppnåing og ressursbruk i 2018.
Nærare opplysningar om verksemda er gjevne i årsmeldinga frå utvalet for 2018 (Dokument 7:2 (2018–2019)).
Mål for 2020
Hovudoppgåva til utvalet er å føre samanhengande kontroll med EOS-tenestene. Kontrollen blir utøvd i form av inspeksjonar, behandling av klagesaker og behandling av saker som blir tekne opp av eige tiltak. Den faglege verksemda til utvalet blir hovudsakeleg styrt av kva som kjem fram gjennom inspeksjonsverksemda og klagesaker, og av dei signala Stortinget gjev ved behandlinga av årsmeldinga frå utvalet. I tillegg tek utvalet opp saker på bakgrunn av opplysningar som kjem fram i offentlegheita.
Rammene for verksemda til utvalet er fastsette i lov om kontroll med etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-kontrollova). I samsvar med EOS-kontrollova § 7 andre ledd skal den årlege tilsynsverksemda til utvalet bli gjennomført ut frå behov og minst omfatte fleire inspeksjonar årleg av E-tenesta sentralt, NSM, PST sentralt og av Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet gjennomføre ein årleg inspeksjon av PST-einingar i minst to politidistrikt, og av minst ein av E-tenestas stasjonar eller etterretnings-/sikkerheitsteneste ved militære stabar og avdelingar. Dessutan er utvalet pålagd å ha minst éin årleg inspeksjon hos høvesvis Etterretningsbataljonen og Forsvarets spesialstyrker. Utvalet kan òg undersøkje bistanden politiet gjev PST, eller andre delar av forvaltninga om det er nødvendig ut frå kontrolloppgåva. Overordna påtalemakt, det vil seie statsadvokatane og Riksadvokaten, er unnateke frå kontrollområdet. Utvalet vil òg i 2020 gjennomføre inspeksjonar i tråd med krava, i tillegg til å behandle innkomne klagesaker og undersøkje saker i EOS-tenestene.
Utvalet flytta i 2019 inn i nytt lokale på Bryn i Oslo, der det vil få gode vilkår til å drive verksemda i 2020 og i åra som kjem. I budsjettforslaget frå utvalet for 2020 har utvalet angjeve behovet for å utvide sekretariatet med to teknologar til teknisk eining.
Kap. 45 Noregs institusjon for menneskerettar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 22 951 | 25 000 | 25 700 |
Sum kap. 0045 | 22 951 | 25 000 | 25 700 |
Hovudoppgåver og organisering
Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) blei oppretta 1. juli 2015 som eit organ organisatorisk lagt under Stortinget. Føremålet og oppgåvene til institusjonen følgjer av lov om Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter av 22. mai 2015 nr. 33 (NIM-lova), og instruks om Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter, som blei vedteken av Stortinget 30. april 2016.
NIM blir leia av eit styre og ein direktør. Styret har det overordna ansvaret for den faglege verksemda, økonomien og drifta til den nasjonale institusjonen. Stortinget vel både styre og direktør. Styret er vald for ein periode på fire år, mens direktøren er vald for ein periode på seks år. Stortinget utnemnde den tidlegare assisterande direktøren, Adele Matheson Mestad, som ny direktør for perioden 2019–2025 den 26. mars 2019.
NIM skal bidra til å styrkje gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å overvake og rapportere om menneskerettane si stilling i Noreg, medrekna å leggje fram tilrådingar for å sikre at Noreg oppfyller dei menneskerettslege forpliktingane sine, gi råd til Stortinget, regjeringa, Sametinget og andre offentlege organ og private aktørar om gjennomføringa av menneskerettane, informere om menneskerettane, medrekna å rettleie enkeltpersonar om nasjonale og internasjonale klageordningar, fremje opplæring, utdanning og forsking på menneskerettane, leggje til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider med menneskerettane, og delta i internasjonalt samarbeid for å fremje og beskytte menneskerettane. NIM skal ikkje prøve enkeltsaker om krenking av menneskerettar. Stortinget har føresett at institusjonen skal vere samlokalisert med, og administrativt knytt til, Sivilombodsmannen.
Rapport for 2018
Det følgjer av § 11 i NIM-lova at NIM årleg skal gje ei årsmelding til Stortinget om institusjonen si verksemd og utviklinga av menneskerettssituasjonen i Noreg. Årsmeldinga, Dokument 6 (2018–2019), blei levert Stortinget 26. mars 2019. Årsmeldinga dekkjer eit breitt spekter av område, men er på ingen måte uttømmande. I meldinga gjev NIM tilrådingar på nokre område der dei meiner norsk lovgjeving eller praksis anten bryt med menneskerettane, det er rom for forbetring eller det er særlege utfordringar som myndigheitene bør vere merksame på.
Mål og budsjett for 2020
NIM har eit særs breitt mandat, då menneskerettane har betyding for nær sagt alle rettsområde. Institusjonen byggjer arbeidet sitt på 27 ulike område av rettar. Desse områda dannar grunnlag både for den systematiske overvakinga institusjonen gjer av menneskerettssituasjonen og for den interne arbeidsdelinga innanfor den juridiske analyseavdelinga. Det breie mandatet gjev NIM eit unikt høve til å følgje det store biletet og skape dialog med dei ulike menneskerettsaktørane.
NIMs visjon er eit sterkt og heilskapleg menneskerettsvern for alle. Det betyr at NIM må jobbe breitt innanfor ei heil rekkje felt og ha tilsvarande brei kunnskap i organisasjonen. I NIMs strategi for 2018–2020 er det sett overordna mål om å vere ein sterk fagleg rådgjevar, brubyggjar, vaktbikkje og formidlar. Ut frå breidda i NIMs mandat krev dette ei tydeleg prioritering av arbeidsinnsatsen. Denne prioriteringa byggjer på vurderingar som er baserte på den systematiske overvakingsverksemda og tek utgangspunkt i kriterium vedtekne av styret for seleksjon av saker i 2016.
Adekvat bemanning med tung fagleg kompetanse og tilstrekkeleg administrativ støtte er avgjerande for kva moglegheit NIM har til å oppfylle oppdraget sitt og bli ein synleg og effektiv institusjon med legitimitet og gjennomslagskraft. Institusjonen vil framleis arbeide internt for å ha ei tydeleg leiing og sikre at arbeidsprosessane er effektive og gode. Måla som blir følgde opp i 2020, er å:
bidra til at staten gjer best mogleg menneskerettslege vurderingar
førebyggje og hindre menneskerettsbrot
bidra til informasjonsflyt og samarbeid på menneskerettsfeltet, både i sivilsamfunnet og mellom sivilsamfunnet og myndigheitene
bidra til styrkt bevisstheit kring menneskerettslege spørsmål i Noreg
vere ei føretrekt kjelde for media i saker om menneskerettar
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Kap. 51 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 515 782 | 537 700 | 550 100 |
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 25 800 | 26 200 | 27 000 |
Sum kap. 0051 | 541 582 | 563 900 | 577 100 |
Hovudoppgåver og organisering
Riksrevisjonen blir leia av eit kollegium som består av fem riksrevisorar som er valde av Stortinget for ein periode på fire år. Riksrevisjonens føremål, oppgåver og rammevilkår følgjer av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om Riksrevisjonens verksemd av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir betalte inn som føresett, og at midlane og verdiane til staten blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte, og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.
Riksrevisjonen kan òg etter avtale ta på seg revisjons-, kontroll- eller bistandsoppdrag internasjonalt. Stortinget kan påleggje Riksrevisjonen å setje i gang særlege undersøkingar. Oppgåvene er nærare utdjupa i instruksen om Riksrevisjonens verksemd.
Riksrevisjonen er organisert i sju avdelingar, av dei tre rekneskapsrevisjonsavdelingar, to forvaltningsrevisjonsavdelingar, ei avdeling for metodestøtte og utvikling, ei administrasjonsavdeling og i tillegg ein stabsseksjon og ein internasjonal seksjon som er knytt til revisjonsråden.
Rapport 2018
Riksrevisjonens visjon for planperioden 2018–2024 er Revisjon til nytte for morgendagens samfunn. Det er definert tre hovudmål:
Riksrevisjonen skal vere den fremste leverandøren i samfunnet av aktuell og relevant offentleg revisjon.
Riksrevisjonen skal gjennomføre revisjon og kontroll av høg kvalitet.
Riksrevisjonen skal vere ein effektiv organisasjon.
Rapporteringa for 2018 viser at måloppnåinga er tilfredsstillande, og at revisjonen i hovudsak er gjennomført i tråd med planen. Forhold som ikkje er føresette, fører likevel alltid til eit behov for enkelte omprioriteringar av ressursane. Omprioriteringar er baserte på ei vurdering av vesentlegheit og risiko for feil og manglar.
I 2018 blei 66 prosent av personalressursane brukte på revisjonsfaglege aktivitetar, 3 prosent på internasjonale aktivitetar, 6 prosent på utviklingsoppgåver, 5 prosent på kompetanseutvikling av tilsette og 20 prosent på administrasjon og andre støttefunksjonar, som IKT, informasjon og kommunikasjon, juridiske tenester, økonomi, HR, arkiv og bibliotek, reinhald, resepsjon og sentralbord. Dette er i hovudsak i samsvar med den planlagde ressursbruken og speglar dei omfattande utviklingsambisjonane som er forankra i den strategiske planen.
Riksrevisjonen har i samband med bistand til institusjonsutvikling av andre riksrevisjonar innrapportert 11,8 millionar kroner som bistandsmidlar (DAC-midlar) til OECD via Norad i 2018. I 2016 var dette talet 10,1 millionar kroner.
Ei detaljert orientering om verksemda i 2018 blei lagd fram for Stortinget i Dokument 2 (2018–2019).
Mål og budsjett for 2020
Riksrevisjonen utfører arbeidet sitt i tråd med Riksrevisjonens overordna visjon og overordna målsetjingar i den gjeldande strategiplanen.
Samfunnet og statsforvaltninga står overfor til dels store endringar i åra som kjem, noko som inneber at òg Riksrevisjonen må omstille seg. Evne til omstilling og digitalisering er avgjerande for at Riksrevisjonen òg i framtida skal vere i stand til å løyse samfunnsoppdraget. Som følgje av EUs personvernordning (GDPR) og truslar knytte til informasjonstryggleik må Riksrevisjonen utvikle nye IKT-løysingar for mottak, lagring og gjennomarbeiding av data. Det må òg utviklast IKT-system og etablerast sikre soner i bygget for å behandle gradert informasjon i tråd med føresegnene i sikkerheitslova. Nye teknologiske løysingar hos Direktoratet for økonomiforvaltning (DFØ) vil etter kvart bidra til at Riksrevisjonens finansielle revisjon kan utførast meir effektivt og med høgare kvalitet.
Dette vil medføre behov for å utvikle nye arbeidsprosessar og tilføre ny kompetanse i organisasjonen. Riksrevisjonens rapportering må leggjast om til brukarvenlege digitale format for å gjere revisjonsrapportane lettare tilgjengelege. Digitale rapportar gjev moglegheit for mellom anna å bruke grafikk, kart og bilete på nye måtar.
Utviklingssamarbeidet med riksrevisjonane i andre land vil bli vidareført i 2020, og Riksrevisjonen vil framleis samarbeide tett med IDI (INTOSAI Development Initiative).
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk
Budsjettposten gjeld drifta av INTOSAI Development Initiative (IDI). Eit mål med IDIs arbeid er å styrkje offentleg revisjon i utviklingsland og gjennom dette bidra til godt styresett, utvikling og kamp mot fattigdom. IDI er organisert som ei stifting med eit styre og eit sekretariat. Styret i stiftinga blir leia av Riksrevisoren.
Finansiering av IDIs utviklingsprogram blir motteke frå fleire gjevarar, under dette Det internasjonale fondet for landbruksutvikling, Canada, Estland, Finland, INTOSAI, Irland, Sveits, Sverige, USA, Ungarn, Austerrike og riksrevisjonane i Kuwait og Saudi-Arabia. Fleire riksrevisjonar gjev òg støtte til IDIs arbeid i form av ressursar og tenester.
Tilskotet frå Riksrevisjonen finansierer drifta for IDIs sekretariat i tråd med intensjonen i Innst. S. nr. 8 (1998–1999).
Kap. 3051 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Refusjon innland | 1 948 | 2 000 | 2 000 |
02 | Refusjon utland | 850 | 300 | 300 |
Sum kap. 3051 | 2 798 | 2 300 | 2 300 |
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programkategori 23.10 Finansadministrasjon
Utgifter under programkategori 23.10, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
1600 | Finansdepartementet | 455 836 | 494 400 | 499 300 | 1,0 |
1602 | Finanstilsynet | 385 929 | 415 400 | 444 000 | 6,9 |
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 525 223 | 523 400 | 630 300 | 20,4 |
1608 | Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring | 20 321 | |||
Sum kategori 23.10 | 1 387 309 | 1 433 200 | 1 573 600 | 9,8 |
Kap. 1600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 376 096 | 390 800 | 401 600 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 67 440 | 90 900 | 84 600 |
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 12 300 | 12 700 | 13 100 |
Sum kap. 1600 | 455 836 | 494 400 | 499 300 |
Hovudoppgåver
Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:
Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar
overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga
finanspolitikk
pengepolitikk
inntekts- og fordelingspolitikk
strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene
samordning av regjeringa sitt arbeid med berekraftig utvikling
internasjonalt økonomisk samarbeid
offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå
Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar
investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg, irekna rammeverk for ansvarleg forvalting
oppfølging av forvaltinga av rammeverket for Statens pensjonsfond
statleg gjeldsforvalting
Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar
avgjersler om utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa
tiltak som legg til rette for effektivitet og god offentleg ressursbruk
utgreiing av økonomiske og administrative verknader av offentlege tiltak
forvalting av prosjektmodellen til staten med kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjektforvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltinga, tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for økonomistyring
saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer
Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar
skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken
utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll
fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien
overordna styring av Skatteetaten og Tolletaten
internasjonalt samarbeid på skatte-, avgifts- og tollområdet
Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av
finansinstitusjonane (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)
verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)
eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar
struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden
finansiell stabilitet
Rapport
Økonomisk politikk og forvalting av statsgjelda
Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa er ei av hovudoppgåvene til Finansdepartementet, jf. nasjonalbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett. Sjå nærare i Meld. St. 1 (2019–2020) Nasjonalbudsjettet 2020 for ein nærare omtale av stoda i landets økonomi og utsiktene framover. Departementets vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvt går fram av den årlege finansmarknadsmeldinga.
Forvaltinga av statsgjelda har tidlegare vore omtalt i den årlege lånefullmaktsproposisjonen. Frå og med for 2016 vart omtalene flytta til statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet. For 2020 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2019–2020) Statsbudsjettet for budsjettåret 2020 (Gul bok), medan Meld. St. 1 (2019–2020) Nasjonalbudsjettet 2020 inneheld ein generell omtale av gjeldsforvaltinga.
Frå og med 2015 har Finansdepartementet overført alle dei operative oppgåvene på statsgjeldområdet til Noregs Bank. Banken utfører oppgåvene etter eit mandat frå Finansdepartementet. Mandatet gjev banken i oppdrag å dekkje statens lånebehov slik dette er definert av departementet, samt forvalte uteståande statsgjeld.
Formuesforvalting
Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2019 i Meld. St. 20 (2018–2019) Statens pensjonsfond 2019.
Meldinga drøfta mellom anna fleire sider ved strategien for Statens pensjonsfond. For Statens pensjonsfond utland vart det i meldinga lagt opp til å endre rammeverk og referanseindeks for investeringar i obligasjonar og å opne for investeringar i unotert infrastruktur for fornybar energi som del av fondets miljømandat. Meldinga inneheld også analysar av resultata i forvaltinga av SPU og Statens pensjonsfond Norge (SPN) i 2018 og ein brei omtale av arbeidet med ansvarleg forvalting. Stortinget drøfta meldinga 12. juni 2019.
Sjå elles omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond.
Ny sentralbanklov
Ny sentralbanklov vart vedteke av Stortinget i juni 2019 og vil tre i kraft 1. januar 2020. Lovvedtaket inneber at Noregs Bank framleis skal vere operativ forvaltar av Statens pensjonsfond utland, og at banken får ein ny og meir moderne styringsstruktur med ein eigen komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Tilsynsrolla for representantskapet vert vidareført som i dag. Lovvedtaket inneber også tydelege føresegner om Noregs Banks føremål og tydeleggjering av sentralbankens si uavhengighet i verkemiddelbruken. Stortingets behandling syner brei semje om sentralbanken si rolle og oppgåver og legg til rette for eit godt og stabilt rammeverk for Noregs Bank også framover.
Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten
Finansdepartementet forvaltar ordninga med ekstern kvalitetssikring av statlege investeringsprosjekt med anslått kostnadsramme over ein fastsatt terskelverdi. Ordninga skal bidra til betre avgjerdsgrunnlag før vedtak i store investeringsprosjekt vert fatta.
Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder som etter konkurranse har fått ein rammeavtale med Finansdepartementet. I 2018 og 2019 vart det førebudd og gjennomført anbodskonkurranse om ein ny rammeavtale. I september 2019 inngikk Finansdepartementet avtale med sju ulike føretakskonstellasjonar. Rammeavtalen gjeld i 2 år med opsjon på forlenging i 2 år.
I samband med denne rammeavtalen har Finansdepartementet samla krav som gjeld utredning, planlegging og kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i eit eige rundskriv, R-108/19, som trådde i kraft 21. september 2019. Det er fastsett ein terskelverdi på 300 mill. kroner for digitaliseringsprosjekt og 1 mrd. kroner for prosjekt elles. Rundskrivet gjeld alle statlege investeringsprosjekt over terskelverdien, med visse unntak, mellom anna for SDØE og statlege føretak eller statleg eigde aksjeselskap som er ansvarlege for eigne investeringar. I samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Finansdepartementet utvikla ein rettleiar for handsaming av digitaliseringsprosjekt over terskelverdi.
Finansdepartementet har sidan 2002 finansiert eit eige tverrfagleg forskingsprogram – Concept-programmet, som skal utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Målet er å sikre gode konseptval, ressursutnytting og effekt av investeringane. Programmet skal vektleggje tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ein samarbeidsavtale.
Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, samlar Concept røynsledata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjerder og stå for kvalitetssikring av statens investeringsprosjekt. Concept-programmet har utvikla evalueringsformatet og prøvd det ut slik at ein kan evaluere verknadene etter kvart som prosjekta vert ferdigstilte og har vore i drift ei stund. I 2018 vart det levert 2 evalueringar av ferdigstilte prosjekt. Ved inngangen til 2019 er 23 av dei prosjekta som er komne så langt, evaluerte. Programmet driv i tillegg metodeutvikling, følgjeforskning og undervisning av studentar. Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege frå nettsidene til programmet.
Finansdepartementet har sidan 2016 gjort djupare analyse av utvalde område for effektivisering og betre målretting av ressursbruken over statsbudsjettet (områdegjennomgangar). Målet med arbeidet er å identifisere og leggje til rette for budsjettinnsparingar, moglegheit for betre måloppnåing med uendra ressursbruk eller å finne nye måtar å løyse oppgåver på som kan gi redusert kostnadsvekst på sikt. I 2019 er det mellom anna gjort slike analysar av byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor, og det er sett i gang ein omfangsrik analyse av næringsretta verkemiddel.
Skatte- og avgiftsområdet
Lovfesta regel om omgåing i skatteretten
I april 2019 la Finansdepartementet fram ein proposisjon om lovfesta regel om omgåing i skatteretten, jf. Prop. 98 L (2018–2019) Endringer i skatteloven og merverdiavgiftsloven (lovfesting av en generell omgåelsesregel). Etter framlegget skal innhaldet i den lovfesta regelen langt på veg svare til innhaldet i gjeldande ulovfesta rett, men med nokre endringar. Den lovfesta regelen skal etter framlegget tre i kraft straks, med verknad frå 1. januar 2020.
Kjeldeskatt på renter og royalty
I Prop. 1 S (2018–2019) varsla regjeringa at ein tok sikte på å sende ut eit høyringsnotat om kjeldeskatt på renter og royalty i 2018 og fremje eit lovforslag i 2019. Arbeidet med høyringsnotatet har teke lengre tid enn venta. Finansdepartementet tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat i 2019 og å fremje eit lovforslag i 2020. Sjå omtale nedanfor og i Prop. 1 LS (2019–2020).
Multilateral avtale for endringar i skatteavtalar
I november 2018 fremja Finansdepartementet ein proposisjon om samtykkje til å setje i kraft ein multilateral avtale for å gjennomføre endringar i skatteavtalar (Prop. 15 S (2018–2019)). Den multilaterale avtalen (forkorta MLI – multilateral instrument) inneheld føresegner som har til føremål å hindre utholing av skattegrunnlaget og flytting av overskot. MLI vert nytta til å gjennomføre tiltak som vart tilrådde i OECD/G20 sitt BEPS-prosjektet (Base Erosion and Profit Shifting Project).
Stortinget gav sitt samtykkje i februar 2019, og avtalen vart ratifisert i statsråd i mars 2019. Ratifikasjonsdokumenta vart deponert 17. juli 2019 og avtalen vil tre i kraft for Noreg 1. november 2019. MLI vil få verknad for skatteavtalar som er dekte av avtalen etter kvart som avtalelanda ratifiserer MLI.
Kraftskatteutval
Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal gjere ei heilskapleg vurdering av skattlegginga av kraftverk. Hovudoppgåva er å vurdere om dagens skattlegging av vasskraft hindrar at samfunnsøkonomisk lønsame tiltak i vasskraftsektoren vert gjennomførte. Utvalet leverte si innstilling 30. september 2019.
Havbruksskatteutval
Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal vurdere skattlegginga av havbruk. Utvalet skal vurdere korleis skattesystemet for havbruk bør vere slik at fellesskapet kan få ein del av grunnrenta. Samstundes bør skattesystemet vere slik at føretaka har insentiv til å gjennomføre lønsame investeringar. Utvalet skal levere si innstilling innan 1. november 2019.
Verdsetjing av fritidseigedom
Til 2010-budsjettet vart det utvikla eit forenkla takseringssystem for bustader i formuesskatten. Dette omfatta ikkje fritidseigedom. I samband med behandlinga av Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt – En skattereform for omstilling og vekst, fatta Stortinget 31. mai 2016 vedtak 738 nr. 15 som del av forliket om skattereform:
«Regjeringen bes gjennomgå og forbedre systemet for verdivurdering av fritidseiendom.»
I 2018 gjennomførte departementet ein anbodskonkurranse om konseptval for nytt verdsetjingssystem. Basert på det valde konseptet er det i 2019 gjennomført ein anbodskonkurranse om utviklinga av nytt verdsetjingssystem. Det er lagt opp til at systemet skal utviklast i samarbeid mellom Statistisk sentralbyrå og ein ekstern leverandør.
Gjennomgang av tollova
Finansdepartementet sende 6. mai 2019 på høyring forslag til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift. Departementet gjer framlegg om at reglane om vareførsel over grensa og reglane om toll vert tekne inn i to nye lover. Dei to lovene skal kome i staden for tollova av 2007. Det overordna målet for lovarbeidet har vore å få eit oppdatert lovverk som passer betre til Tolletatens oppgåver, både ved å synleggjere etatens oppgåver etter eige regelverk og å klargjere og forankre i lov at etaten også gjer oppgåver for andre myndigheiter på vareførselsområdet. I tillegg har det vore eit ynskje å klårgjera oppgåvefordelinga mellom Tolletaten og Skatteetaten, særleg når det gjeld ansvar for regelverk om fritak som gjeld både for tollavgift, meirverdiavgift og særavgift. Forslag om forvaltingsreglar for tollavgift følgjer same mønster som skatteforvaltningsloven, som gjeld for skatte- og avgiftskrav. Departementet har òg vurdert behovet for materielle endringar i deler av regelverket, fyrst og fremst kontroll- og sanksjonsreglane. Høyringsfristen var 30. august 2019. Departementet vurderer no uttalane frå høyringsinstansane og arbeider vidare med framlegg til nye lover.
NOU 2019: 15 Skatterådgiveres opplysningsplikt og taushetsplikt
Som ei oppfølging av Skattemeldinga (Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt – En skattereform for omstilling og vekst) og skatteforliket i Stortinget (Innst. 273 S (2015–2016)), utnemnde regjeringa i juni 2017 eit utval med mandat å greie ut om opplysningsplikta og teieplikta til skatterådgjevarar. Utvalet la fram sin rapport 1. juli 2019. I rapporten foreslår utvalet mellom anna at det vert innført opplysningsplikt for skatterådgjevarar etter modell frå EUs direktiv DAC 6. Finansdepartementet sende rapporten på høyring i august 2019.
Berekraftige bilavgifter
I Granavolden-plattforma vart det varsla at regjeringa vil «byrje arbeidet med eit bilavgiftssystem som er berekraftig etter 2025.» Finansdepartementet har invitert bransjeorganisasjonar, interesseorganisasjonar og andre interessentar til å kome med innspel til kva prinsipp som bør leggjast til grunn for eit framtidig, berekraftig bilavgiftssystem og kva prinsipp som bør leggjast til grunn for overgangen frå dagens bilavgiftssystem til eit framtidig, berekraftig bilavgiftssystem. Departementet har motteke ei rekkje innspel som vil verte vurderte i det vidare arbeidet med bilavgiftssystemet.
Utval om særavgift på sjokolade- og sukkervarer og alkoholfrie drikkevarer
I november 2018 sette regjeringa ned eit utval som skulle vurdere om avgiftene bør utformast slik at dei i større grad tek omsyn til helse- og ernæringsmessige føremål. Innstillinga til utvalet vart lagt fram 9. april 2019, sjå NOU 2019: 8 Særavgiftene på sjokolade- og sukkervarer og alkoholfrie drikkevarer. Innstillinga frå utvalet har vore på høyring. Finansdepartementet har motteke over 40 høyringssvar. Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.
NOU 2019: 11 Enklere merverdiavgift med én sats
Finansdepartementet oppnemnte 18. januar 2019 eit utval som skulle vurdere ei enklare meirverdiavgift med færre satsar. Utgreiinga er ei oppfølging av punktet i Granavolden-plattforma om å «gjennomgå og forenkle merverdiavgiftssystemet med mål om å redusere antall satsar.» Rapporten vart levert til Finansdepartementet 15. mai 2019 og rapporten vart så sendt på høyring med frist 29. august 2019. Høyringssinnspela vil verte vurderte i det vidare arbeidet med å forenkle satsstrukturen i meirverdiavgiftssystemet. Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.
Finansmarknadsområdet
Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingsesjonen 2018–2019 resultert i desse lovendringane og lovframlegga:
Stortinget vedtok 9. april 2019, etter framlegg i Prop. 40 L (2018–2019), Lov om endringer i innskuddspensjonsloven mv. (egen pensjonskonto).
Stortinget vedtok 17. juni 2019, etter framlegg i Prop. 96 LS (2018–2019), Endringer i verdipapirhandelloven mv. (prospekt, markedsmisbruk, tilsyn og sanksjoner).
Stortinget vedtok 5. mars 2019, etter framlegg i Prop. 7 L (2018–2019), Lov om verdipapirsentraler og verdipapiroppgjør mv. (verdipapirsentralloven).
Stortinget vedtok 17. juni 2019, etter framlegg i Prop. 97 L (2018–2019), Lov om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbankloven). Ny sentralbanklov trer i kraft 1. januar 2020.
Finansdepartementet la 21. juni 2019 fram Prop. 127 LS (2018–2019) Endringer i referanserenteloven mv. (gjennomføring av referanseverdiforordningen) og samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) 2016/1011 om referanseverdier.
Finansdepartementet la 21. juni 2019 fram Prop. 128 L (2018–2019) Endringer i finansforetaksloven mv. (diverse endringer). Proposisjonen inneheld mellom anna forslag til endringar i finansforetakslova og inkassolova om utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret. Proposisjonen inneheld også forslag for å gjennomføre direktiv 2014/50/EU om minstekrav til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon.
Finansdepartementet la 8. juni 2018 fram Prop. 98 L (2017–2018) Endringer i finansforetaksloven (forsikrings- og pensjonsforetaks investeringer i forsikringsfremmed virksomhet). Endringane trådde i kraft 1. januar 2019. I tillegg til lovendringane og lovframlegga, har Finansdepartementet følgd opp utgreiinga NOU 2018: 5 Kapital i omstillingens tid. Kapitaltilgangsutvalet hadde ei rekkje tilrådingar på Finansdepartementets område, mellom anna om endringar i finansmarknadsreguleringa og skattesystemet. Utvalet vart sett ned av regjeringa i mars 2017, og utgreiinga vart levert i mars 2018. Utgreiinga har vore på høyring. Saka er nærare omtalt under del III, pkt. 3 i denne proposisjonen
Budsjett 2020
I kap. 2 i del I av denne proposisjonen er det omtalt nokre viktige oppgåver for Finansdepartementet i 2020. Dessutan går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtalte der, krev oppfølging i seinare år.
Formuesforvalting
Departementet sitt arbeid med Statens pensjonsfond går ut på å utvikle den langsiktige investeringsstrategien til fondet, fastsetje og følgje opp retningsliner for forvaltinga, irekna fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.
Arbeidet med å utvikle investeringsstrategien for fondet i 2020 tek utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 20 (2018–2019) Statens pensjonsfond 2019 og Stortingets behandling av denne meldinga, sjå Innst. 344 S (2018–2019). Sjå nærare omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond, i proposisjonen her og i Meld. St. 1 (2019–2020) Nasjonalbudsjettet 2020.
Skatte- og avgiftsområdet
Gjennomgang av tollova
Forslag til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift vart send på høyring 6. mai 2019 med høyringsfrist 30. august 2019. Dei to nye lovene skal kome i staden for tollova. Det overordna målet for lovarbeidet er eit oppdatert lovverk som passer betre til Tolletatens oppgåver. Departementet vil etter høyringa vurdere uttalane frå høyringsinstansane og tek sikte på å fremje forslag om nye lover i 2020.
Digital økonomi og skatt
Skattlegging av fleirnasjonale selskap reiser problemstillingar som omfattar mange land og krev internasjonale løysingar. Gjennom OECD/G20 sitt BEPS-prosjekt (Base Erosion and Profit Shifting Project) er det oppnådd einighet om ei rekkje tiltak mot flytting av overskot og utholing av skattegrunnlag. Den digitale økonomien forsterkar utfordringane med skattlegging av fleirnasjonale selskap, samstundes som nye problemstillingar oppstår. Inclusive Framework (IF) er eit samarbeidsorgan med meir enn 130 medlemsland som vert oppretta for å følgje opp BEPS-prosjektet. IF leier det internasjonale arbeidet med globale løysingar for meir effektiv og rettferdig skattlegging av den digitale økonomien. Målet med arbeidet er å kome fram til ei internasjonal einigheit om løysingar som skal leggjast fram i 2020. Noreg deltek i Inclusive Framework og i fleire arbeidsgrupper som greier ut ulike sider av forslaga til løysingar.
Verdsetjing av fritidseigedom
Arbeidet med å utvikle eit nytt verdsetjingssystem for fritidseigedom held fram i 2020. Sjå nærare omtale av saka under rapport for 2019. Målet er at utviklinga skal vere ferdig våren 2020. Før eit nytt system eventuelt vert teke i bruk, må mellom anna kvaliteten på ferdig modell vurderast. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Kjeldeskatt på renter og royalty
Regjeringa fortset arbeidet med eit framlegg om kjeldeskatt på renter og royalty, for å følgje opp Skattemeldinga og skatteforliket i Stortinget. Finansdepartementet tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat i 2019 og å fremje eit lovforslag i 2020. Sjå også omtale i Prop. 1 LS (2019–2020).
Evaluering av skatteomlegging
Det norske skattesystemet har vore gjennom ei større omlegging i perioden 2013–2019, mellom anna etter ei brei semje på Stortinget. Skatteomlegginga vart grunngjeve med eit ynskje om å oppnå positive, dynamiske verknader gjennom auka vekst, produktivitet, sparing, investering og arbeid. Det er ynskjeleg å undersøkje nærare kva effektar skatteomlegginga har hatt. Finansdepartementet har derfor tinga ein forstudie som skal leggje grunnlaget for ei følgjande evaluering. Gjennom forstudien ynskjer departementet mellom anna å avklåre kva for metodar som kan nyttast og kva for data som kan belyse effektane av skatteomlegginga på norsk økonomi. I lys av kor lang tid ulike tilpassingar i økonomien tek og når naudsynte data kan finnast, vil forstudien òg gje råd om når skatteomlegginga best kan evaluerast. Forstudien skal vere klar innan utgangen av 2019.
Finansmarknadsområdet
I 2020 vil m.a. desse lovsakene og utgreiingane krevje særleg innsats på finansmarknadsområdet:
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av den såkalla PRIIPS-forordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarer til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 1286/2014 om nøkkelinformasjonsdokument om samansette og forsikringsbaserte investeringsprodukt (PRIIPS-forordninga). Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av dei såkalla EUVECA- og EUSEF-forordningane. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarer til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 345/2013 om venturekapitalfond (EuVECA) og Europarlaments- og rådsforordning (EU) nr. 346/2013 om sosiale entreprenørskapsfond (EuSEF). Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2016: 2 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov av endringar i rapporteringsdirektivet (direktiv 2004/109/EF). Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2017: 15 frå Revisor- og regnskapsførerlovutvalget, med utkast til føresegner i lov og forskrift til gjennomføring av direktiv 2014/56/EU om endringar i direktiv 2006/43/EF (revisjonsdirektivet) og forordning (EU) nr. 537/2014 (revisjonsforordningen). Finansdepartementet vil følgje opp forslaga.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2018: 9 frå Revisor- og regnskapsførerlovutvalget, med utkast til ny lov om rekneskapsførarar. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av det såkalla IORP II-direktivet. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarer til direktiv (EU) 2016/2341 om verksemda til og tilsynet med tenestepensjonsføretak (IORP II). Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat med utkast til føresegner om gjennomføring av reglar som svarer til forsikringsdistribusjonsdirektivet (2016/97/EU), i norsk lov og forskrift. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Regjeringa vil hausten 2019 setje ned eit offentleg utval som skal evaluere eigedomsmeklingslova og foreslå ei framtidsretta regulering.
Ei arbeidsgruppe har utgreia regelverket for såkalla garanterte pensjonsprodukt (private ytingsbaserte tenestepensjonsordningar og fripolisar). Finanstilsynet har laga eit utkast til høyringsnotat, basert på arbeidsgrupperapporten. Regjeringa sende hausten 2019 Finanstilsynets utkast til regelendringar på høyring. Finansdepartementet vil følgje opp høyringa i løpet av 2020.
I tråd med regjeringsplattforma og oppmodingsvedtak nr. 406 (2018–2019) frå Stortinget, har Finansdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe for å vurdere om det bør innførast krav om pensjonsopptening frå fyrste krone i innskotspensjonsordningar. Arbeidsgruppa skal vidare vurdere om personar med lågare stillingsdel enn 20 prosent og personar under 20 år, skal ha rett på å vere medlem i private tenestepensjonsordningar. Utgreiinga skal vere ferdig våren 2020.
Rettsakter frå EU
Arbeidet med å utvikle det norske regelverket for finansmarknadsområdet hengjer nært saman med arbeidet med å tilpasse og ta inn nye EU-rettsakter i EØS-avtalen. Finansdepartementet vil prioritere dette innlemmingsarbeidet i 2020 òg.
I tråd med den internasjonale utviklinga mot styrka regulering av og tilsyn med finansmarknadene har EU utarbeidd særs mykje regelverk for
finansføretak (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)
verdipapirføretak, verdipapirfond, infrastrukturføretak for verdipapirmarknaden m.m., og
rekneskap, rekneskapsførarar og revisorar
Dette er dels direktiv, med krav til utforminga av regelverket i dei einskilde medlemslanda, og dels forordningar, som gjeld direkte i heile EU. Det aller meste av regelverket i EU på desse områda er EØS-relevant og skal difor takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. Direktiv som er teke inn i EØS-avtalen, skal gjennomførast med eigen norsk regeltekst i lov eller forskrift. Forordningar skal gjennomførast ved tilvising, enten i lov eller forskrift, til EUs regeltekst, slik denne er tilpassa i EØS-avtalen.
Dei tre EØS/EFTA-landa Liechtenstein, Island og Noreg klarlegg seg imellom kva ein treng av tilpassing til EU-rettsaktene og diskuterer dette med representantar for EU. Når partane er einige, kan rettsaktene takast inn i EØS-avtalen ved vedtak i EØS-komiteen.
Vedtaka i EØS-komiteen trer normalt i kraft med ein gong, med mindre EU-rettsakta enno ikkje er i kraft. Dersom det krevst stortingsvedtak, til dømes ny lovgjeving, er det vanleg å ta såkalla konstitusjonelt atterhald, slik at vedtaket i EØS-komiteen ikkje trer i kraft før det er gjeve melding om at konstitusjonelle krav er oppfylte. I slike tilfelle vert det normalt gjort framlegg om at Stortinget gjev samtykkje til innlemming, enten i særskild proposisjon eller saman med eit lovforslag.
Som nemnt mellom anna i Finansmarkedsmeldingen 2019 (Meld. St. 24 (2018–2019)), kap. 3.7, går EFTA-landa no saman med EU gjennom ei stor mengd direktiv og forordningar på finansmarknadsområdet og som er vedtekne i EU, for tilpassing og innlemming i EØS-avtalen. Dette omfattar m.a. bankpakka (CRR2, CRD5 og BRRD2), rapporteringsdirektivet, forordninga om transaksjonsregistre, nye reglar mot misbruk av verdipapirmarknadene (MAR), reglar for pengemarknadsfond (MMF) og andre fondsprodukt (EuVeca, EuSEF og ELTIF), reglar for verdipapirisering (STS), revidert pensjonskassedirektiv (IORP2, reglar om forenkla grensekryssande distribusjon av kollektive investeringsfond, reglar om eit pan-europeisk individuelt pensjonsprodukt (PEPP), forenkling av EMIR-regelverket og reglar om å gjere det billigare å betale med euro over landegrensene.
EUs organ er også einige om ei rekkje andre forslag til regelverk som vil verte vedtekne i løpet av hausten 2019. Dette gjeld mellom anna reglar om styrking av EUs finanstilsyn, om meir føremålstenlege og risikokjenslege kapitalkrav for verdipapirføretak, om referanseverdiar for lågkarbon og positiv karboneffekt, om offentleggjering av opplysningar som gjeld berekraftige investeringar og berekraftrisiko, om obligasjonar med fortrinnsrett, om tiltak for å lette tilgangen til kapitalmarknaden for små og mellomstore bedrifter og om tilsyn med og krisehandtering av sentrale motpartar (CCP-er).
Nokre av forslaga frå Kommisjonen har Rådet og Parlamentet enno ikkje vorte einige om. Dette gjeld mellom anna reglar om folkefinansiering, om eit rammeverk for miljømessig berekraftig finansiering, om lovval for grensekryssande transaksjonar med verdipapir og andre fordringar, om verdipapir med sikkerheit i statsobligasjonar, og om betre vern for ofre, skadd av motorvogn. Desse forslaga er til behandling i Rådet og Parlamentet.
Arbeidet med statsbudsjett og økonomistyring i staten
Finansdepartementet vil vidareføre finansieringa av forskingsprogrammet Concept ved NTNU for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Hovudlinene i Concept-programmet vert vidareførte i 2020. Programmet skal vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. Etterevaluering av store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen, skal vere ein sentral aktivitet i åra framover. I tillegg driv programmet med metodeutvikling, følgjeforsking, kompetansebygging og undervisning av studentar. Forskinga skal vere fritt tilgjengeleg for alle som søkjer kunnskap om prosjektstyring i staten.
Samfunnstryggleik og beredskap
Finansdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap for å sikre finansiell stabilitet. Departementet har òg ansvar for viktige samfunnsfunksjoner som system for å handtere statens inntekter (proveny), Folkeregisteret og Tolletatens kontroll med den grensekryssande vareførsla.
På Finansdepartementets ansvarsområde skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunne handtere ekstraordinære hendingar, skal vere god. Departementet og dei underliggjande etatane har beredskapsplanverk for å kunne handtere uynskte hendingar, og desse vert jamleg oppdaterte.
Departementet deltek òg jamleg i store, nasjonale øvingar innan sikkerhet og beredskap.
Vidare samarbeider Finansdepartementet med mellom anna Nasjonalt tryggingsorgan og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Ei sentral utfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga og andre deler av den finansielle infrastrukturen ved lag slik at samfunnet får dekt behovet for mellom anna betalingstenester. Finansielle tenester er utpeika som ein av 14 samfunnskritiske funksjonar i Noreg, og Finansdepartementet utarbeidde i 2018 ei særleg tilstandsvurdering av denne funksjonen, sjå kapittel 8 i departementet sin budsjettproposisjon for 2019.
Finansdepartementet arbeider òg med beredskapen for Statens pensjonsfond.
Kontroll av vareførselen over grensa har mellom anna som føremål å motverke ulovleg inn- og utførsel av farlege og ulovlege varer. Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning, og etaten vil i 2020 arbeide vidare med å gjere val av kontrollobjekt meir effektivt. I denne samanhengen starta etaten i 2019 eit prosjekt for å utvikle ny digitalisert systemstøtte for oppgåver i alle ledd av kontrollprosessane til etaten, jf. eigen omtale under kap. 1610 Tolletaten.
Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder. Finansdepartementet har som ein del av oppfølginga av informasjonstryggleiken i underlagde etatar starta ei kartlegging av etatane sine styringssystem for informasjonstryggleik. Departementet tek òg sikte på å gjennomføre ei evaluering av etatane sitt arbeid med informasjonstryggleik.
Særleg om arbeidet med ny lov om nasjonal sikkerheit
Ny lov om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje våre nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.
For å verne dei nasjonale sikkerheitsinteressene legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale sikkerheitsinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kgl. res. 20. desember 2018 skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den sikkerheitsfaglege kompetansen i departementa.
Finansdepartementet fastsette GNF i eigen sektor sommaren 2019. I lys av dette vil departementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er naudsynt. Verksemder som er eller vert omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget for departementet si utpeiking og klassifisering av eventuelle skjermingsverdige objekt og skjermingsverdig infrastruktur i sektoren, og for fastsetjing av fristar for gjennomføring av naudsynte sikringstiltak.
Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber mellom anna at objekt som er klassifiserte etter gammal sikkerheitslov, også er klassifiserte etter ny lov, jf. kgl. res. 20. desember 2018.
Post 01 Driftsutgifter
Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. For 2018 vart talet på årsverk rekna til 285, det same som året før. Lønsutgifter m.m. utgjer om lag 75 pst. av budsjettet. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. Nokre utgifter som staten har i samband med gjelds- og likviditetsforvalting, er overførte frå kap. 1650, post 01 og vil frå 2020 verte dekte over kap. 1600, post 01. Godtgjersle til det nye rådet for Statistisk sentralbyrå vil òg bli dekte her. For 2020 foreslår departementet ei løyving på 401,6 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Posten omfattar hovudsakleg utgifter til forskingsoppdrag, utgreiingsarbeid og ein del særlege innkjøp. Forskingsmidlane vert m.a. brukte til program om skatteøkonomi i regi av Noregs forskingsråd.
Kostnader som er knytt til Concept-programmet, eit forskingsarbeid for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt, vert belasta kap. 1600, post 21. Hovudlinjene i Concept-programmet vert vidareførte. Programmet skal vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. Etterevaluering av store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen, skal vere ein sentral aktivitet i åra framover.
Løyvinga dekkjer òg utgifter til kjøp av tenester frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ei viktig oppgåve som SSB utfører for departementet, er å halde ved like det økonomiske modellapparatet som vert brukt i arbeidet med den økonomiske politikken.
Midlane på posten vert òg brukte til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver. Det kan vere kostnader knytt til utgreiingsutval som regjeringa har sett ned på departementet sitt ansvarsområde, eller kjøp av eksterne konsulenttenester, m.a. i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond. Etikkrådet er administrativt ein del av Finansdepartementet. Det gjev råd til Noregs Bank om utelukking og observasjon av verksemder.
Departementet held fram med å gjere djupare analyse av utvalde område for å skape effektivisering og betre budsjettmessig handlingsrom. Slike analysar er sette i gang om ID-forvaltinga, næringsretta verkemiddel og byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Tidlegare har det vore slike analysar av næringsfremme i utlandet, tilskot i kommunesektoren, stønadsordningar i klimapolitikken, Statens vegvesen, miljøforvaltinga og Noregs forskingsråd.
For 2020 foreslår departementet ei løyving på 84,6 mill. kroner.
Finansdepartementet får refusjonar frå andre offentlege verksemder som departementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1600, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden
Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverke til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene. Fondet skal medverke til forsking, utdanning og allmenn opplysning om finansmarknadsspørsmål.
Fondet vart skipa i 2002 med ei fondsavsetjing på 90 mill. kroner etter omdanning og sal av Oslo Børs. Avsetjinga vart seinare auka til om lag 206 mill. kroner i samband med omdanning og sal av Verdipapirsentralen (VPS).
Fram til utgangen av 2012 var kapitalen i Finansmarknadsfondet plassert som kontolån til staten. Fondsutbytet vart ført som inntekt i statsbudsjettet og gav grunnlag for ei utgiftsløyving til dei nemnde føremåla. Utbytet frå fondskapitalen året før vart ført som inntekt i statsbudsjettet året etter.
I samband med statsbudsjettet for 2013 vart det vedteke å skipe ein ny modell for løyvingar til Finansmarknadsfondet, slik at sjølve fondet vart avvikla 1. januar 2013. Fondskapitalen vart tilført statskassa og erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet frå og med budsjettåret 2013, sjå side 48–50 i Prop. 1 S (2012–2013) Finansdepartementet. Med den nye løyvingsmodellen legg ein opp til å halde tildelingane om lag like store som dei var under den tidlegare modellen, målt i faste prisar. For 2012, siste gongen med den tidlegare modellen, vart det løyvd 11,8 mill. kroner (inklusive dekking av administrative tenester).
For 2019 vart det løyvd 12,7 mill. kroner, og for 2020 foreslår Finansdepartementet ei løyving til Finansmarknadsfondet på 13,1 mill. kroner. Tal for 2019 og 2020 inkluderer ikkje administrative tenester. Frå 2018 er slike kostnader skilte ut og budsjetterte under Forskingsrådets budsjettkapittel, kap. 285, post 55. Forskingsrådet tek hand om tildelingane frå fondet og rekneskapsførselen på vegne av Finansdepartementet.
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år
Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra endå det er gjort mykje for å finna ut kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.
På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføre at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverke løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjord. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåre differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.
Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.
Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er teken opp att i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2020, jf. framlegg til romartalsvedtak VIII.
Fullmakt om utbetalingsløysinga for overtid, reisetid og timeløn i 2020
Direktoratet for økonomistyring (DFØ, frå 1.1.2020 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring) leverer løns- og rekneskapstenester til ein stor del av statsforvaltninga. Frå 2020 har DFØ varsla ei teknisk omlegging av utbetalingsløysinga for overtid, reisetid og timeløn. Omlegginga inneber at slike utbetalingar kan gjerast raskare og ein rekneskapsperiode tidligare enn no. 2020-rekneskapen vil difor, som ein eingongseffekt, innehalde utbetalingar for 13 månader sidan november-utbetalinga vil kome i desember 2020 framfor januar 2021.
Omlegginga er avgrensa til statlege verksemder som får lønstenester leverte av DFØ. Det er førebels vanskeleg å fastslå eit nøyaktig tal for verknaden i 2020, og Finansdepartementet har vurdert det som lite føremålstenleg å justere løyvingane for denne eingongseffekten og at det vil krevje unødig mykje ressursar å følgje opp. Sjå Gul bok for 2020, kap. 8, for nærare omtale og vurdering.
Finansdepartementet foreslår ein eigen romertalsfullmakt med følgjande innhald for å handtere omlegginga:
Statlege verksemder som vert omfatta av omlegginga, får fullmakt til å overskride løyvinga i 2020 tilsvarande eingongseffekt som følgje av omlegginga av utbetalingsløysinga i DFØ.
Det kan takast omsyn til eingongseffekten ved utrekning av overført, unytta driftsløyving frå 2020 til 2021 slik at ho ikkje vert redusert.
Sjå framlegg til romartalsvedtak IX.
Fullmakt til postering mot mellomværendet med statskassen
I Gul bok 2020 har Finansdepartementet orientert om endringar i føresegnene om økonomistyring i staten med verknad frå 2020, mellom anna om mellomværet med statskassa, jf. òg rundskriv R-101 frå Finansdepartementet. Mellomværet syner om ei statleg verksemd eller rekneskapsførande statleg ordning har pengar til gode frå statskassa eller skyldar pengar til statskassa. Verksemder med mellomvære vil ha eit unntak frå kontantprinsippet. På denne bakgrunnen ber departementet om ei fullmakt som heimlar to slike unntak for Skatteetaten. Sjå forslag til romartalsvedtak XII nr. 1 og 2.
Kap. 4600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
02 | Ymse refusjonar | 4 337 | 400 | 400 |
Sum kap. 4600 | 4 337 | 400 | 400 |
Post 02 Ymse refusjonar
Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med.
Kap. 1602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 365 601 | 389 400 | 419 900 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 20 328 | 26 000 | 24 100 |
Sum kap. 1602 | 385 929 | 415 400 | 444 000 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Samfunnsoppdraget til Finanstilsynet er å bidra til finansiell stabilitet og velfungerande marknadar. Dei er naudsynte vilkår for tillit til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og vern av forbrukarar og andre brukarar av finansielle tenester. Hovudmålet i strategien til Finanstilsynet for perioden 2019–2022 er det same som samfunnsoppdraget.
Finanstilsynet skal sjå til at føretaka under tilsyn etterlever lovar og reglar. I dette arbeidet nyttar tilsynet ei rekkje verkemiddel, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Verkemidla er tilsyn, overvaking og kontroll, forvalting, regelverksutvikling samt informasjon og kommunikasjon. Finanstilsynet har tilsyn med mellom anna bankar, finansieringsføretak, kredittføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, verdipapirføretak, fondsforvaltarar, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har tilsynet kontroll med finansiell rapportering frå noterte føretak og verdipapirføretak.
Finanstilsynets styre har eit overordna ansvar for verksemda. Styret har fem medlemar og er supplert med to representantar frå dei tilsette ved behandling av administrative saker. Medlemane og varamedlemane vert peika ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Direktøren for Finanstilsynet har ansvaret for den daglege leiinga av Finanstilsynet og vert oppnemnd av Kongen for eit åremål på seks år.
Finanstilsynet hadde ei bemanning tilsvarande 282 årsverk per 31. desember 2018.
Resultat i 2018
Nedanfor følgjer ein nærare omtale av arbeidet i Finanstilsynet i 2018.
Solide og likvide finansføretak
Finanstilsynet vurderer laupande soliditeten, risikoen og risikohandteringa i finansføretaka. Soliditeten i føretaka er følgt opp gjennom ein kombinasjon av stadlege tilsyn, pilar 2-vurderingar (krav til kapital ut over minstekrava for finansføretak), dokumentbasert tilsyn, makroøkonomisk overvaking og stresstestar. Utviklinga i norsk og internasjonal økonomi vert følgt laupande, og det er utarbeidd analysar og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet. Overgang til nytt teknisk format, omlegging av rapporteringsmateriale ved innføring av IFRS 9 og endringar i finansdatabasen medførte utfordringar for føretaka og behov for ekstra innsats i oppfølginga av rapporteringa i 2018. Finanstilsynet har gjennom konsesjonsbehandlinga over tid auka krava til kapital for nye føretak. Kapitaldekninga i føretaka vert følgd tett. Finanstilsynet behandla i 2018 seks søknadar om å etablere bankverksemd. Tre av disse vart avslåtte då den venta verksemda vart vurdert å ikkje gje grunnlag for ein bankkonsesjon. Det har òg vore nytta vesentlege ressursar på folkefinansieringsplattformer for å avklåre om verksemda som vert driven, er konsesjonspliktig finansierings- eller verdipapirverksemd.
Det vart i 2018 gjennomført stadlege tilsyn i 21 bankar, kredittføretak og finansieringsføretak og særskilt IRB-tilsyn (om bruk av «Internal Ratings-Based»-modellar) i fire bankar. I dei stadlege tilsyna har Finanstilsynet framleis hatt særskild merksemd retta mot kredittområdet for å tidleg kunne avdekkje auka risiko og svakheiter ved engasjementsoppfølging og taps- og nedskrivingsvurderingar. Bankane sine eksponeringar mot offshorenæringa, porteføljekvalitet og nedskrivingspraksis har også vore prioritert i 2018. Ved utgangen av andre kvartal 2018 var offshoreporteføljen i underkant av fem prosent av samla bedriftsmarknadsportefølje i bankane. Nærare to tredeler av offshoreporteføljen er på ulike måtar innvilga betalingsutsetjing. Samla eksponering i offshoreporteføljen for bankane vart redusert med 15 pst. i 2018, medan tapa på porteføljen i same periode auka med om lag 45 pst.
Den nye bustadlånforskrifta tredde i kraft 1. juli 2018 og vidareførar hovudprinsippa i den førre bustadlånforskrifta. Finanstilsynet innhenta i 2018 dei kvartalsvise styrerapportane om etterleving frå 23 bankar og filialar. Rapportane visar delen innvilga lån som ikkje oppfyller forskriftskrava til betjeningsevne, gjeldsgrad, belåningsgrad eller avdragsbetaling.
Det er gjennomført ei ny bustadlånundersøking, tilpassa endringane i bustadlånforskrifta. Etterleving av forskrifta er følgt opp i 23 bankar og filialar gjennom rapportering om avvik frå forskrifta. Etterlevinga er også vurdert ved fleire stadlege tilsyn i 2018.
Finanstilsynet har utarbeidd eit utkast til forskrift om krav til utlånspraksis for forbrukslån hos finansføretaka, basert på tidlegare retningsliner, gjevne i rundskriv. Forskrifta tredde i kraft 12. februar 2019 og følgjer mønsteret i bustadlånforskrifta.
Oppfølging av korleis kvitvaskingsregelverket vert etterlevd i dei store bankane har vore prioritert gjennom særskilte tilsyn. Ved alle generelle, stadlege tilsyn og ved tematilsyn med bankar som tilbyr forbrukslån, undersøkte Finanstilsynet om bankane etterlever kvitvaskingsregelverket. I tillegg vart det gjennomført spesialtilsyn om kvitvasking og terrorfinansiering i SpareBank 1 Nord-Norge, SpareBank 1 SR-Bank og SpareBank 1 SMN. Det var òg eit eige oppfølgingstilsyn i DNB Bank ASA. På spesialtilsyna vart mellom anna korrespondentkontaktane til bankane og deira system for transaksjonsovervaking vurderte.
Gjennomføring av risiko- og kredittvurderingsprosessar (SREP) er ein viktig del av tilsynsarbeidet. SREP-prosessen inkluderer fastsetjing av individuelle pilar 2-krav for føretaka. Inndelinga av føretaka i grupper etter storleik og risikoprofil avgjer kor hyppig prosessen vert gjennomført for det einskilde finansføretaket.
Finanstilsynet har i 2018 gjennomført stadlege tilsyn i enkelte forsikringsføretak og ein pensjonskasse. Det er nytta vesentlege ressursar på oppfølging av Solvens II-rapporteringa for forsikringsføretak. Den offentlege administrasjonen av Silver vart avslutta i januar 2018 ved at Storebrand Livsforsikring tok over porteføljen. Soliditeten i livsforsikringsføretaka er no vesentleg styrkt, sjølv om eit vedvarande lågt rentenivå vil gjere det utfordrande å oppnå avkastning på nivå med garantien i kontraktar med garanterte ytingar. Nytt solvensregelverk for pensjonskassar vart vedteke i 2018, med verknad frå 1. januar 2019. Det nye regelverket er ein forenkla versjon av Solvens II.
Finanstilsynet har i 2018 nytta ekstra ressursar til sekretariatet for Garantiordningen for skadeforsikring i samband med konkursen i det danske skadeforsikringsføretaket Alpha Insurance A/S.
Robust infrastruktur
Trygge og effektive system for handel, oppgjer og betalingstenester er avgjerande for ein velfungerande finansmarknad. Tilsynet med denne infrastrukturen er konsentrert om verksemder og leverandørar som betyr mest for finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Operasjonell risiko og tryggleik i betalings- og oppgjerssystema, sentrale IKT-system i verksemdene og utkontraktering vart framleis høgt prioritert i 2018.
Finanstilsynet gjennomførte i 2018 17 spesialtilsyn på IKT-området innanfor dei ulike tilsynsområda. IKT var òg tema på 11 andre tilsyn. Vidare gjennomførte Finanstilsynet to tilsyn med betalings- og e-pengeføretak i 2018, og som omfatta IKT, betalingstenester og tiltak mot kvitvasking. Det vart også gjennomført eit tilsyn med ein børs der det vert handla varederivat. Som vanleg dei seinaste åra har det vore utarbeidd ein analyse av risiko og sårbarheit ved bruk av IKT i finanssektoren. I 2018 har tilsynet nytta mykje ressursar på oppfølging av kritiske hendingar. Finanstilsynet held fram med å følgje opp handteringa av hendingar i føretaka for å sikre iverksetjing av naudsynte tiltak.
Felleseuropeisk regelverk for føretak som inngår derivatkontraktar (EMIR), vart sett i verk 1. juli 2017. I 2018 fekk Finanstilsynet tilgang til EMIR-data frå transaksjonsregistera. Det vart inngått avtaler med alle transaksjonsregister i EU, og det vart utvikla eit IT-system som dagleg hentar ut og lagrar data. Med MiFID II vart det innført eit nytt regime for varederivat. Dette omfattar fastsetjing av grenser for kor store posisjonar som kan holdast i varederivat, og rapportering av slike posisjonar. Finanstilsynet utvikla i 2018 eit IT-system (CPRS) som mottar daglege posisjonsrapportar i varederivat, utslippskvotar og derivat med utslippskvotar som underliggjande finansielt instrument.
Vern av investorar
Påliteleg og tilstrekkeleg informasjon er naudsynt for å sikre at verdipapirmarknadane er effektive. God marknadsåtferd hos noterte føretak, mellommenn og investorar er også viktig for eit tilfredsstillande investorvern og generell tillit i marknaden.
Finanstilsynet har gjennomført stadlege tilsyn om behandling av innsideinformasjon i to norske verdipapirføretak i 2018 og i ein norsk filial av utanlandsk verdipapirføretak.
Finanstilsynet ila totalt 14 gebyr for brot på flagge- og meldepliktreglane i 2018. Finanstilsynet har informert om gebyrlegginga på sin nettstad og meiner at dette verkar preventivt. I 2018 melde Finanstilsynet to saker til påtalemakta der tilsynet hadde mistanke om ulovleg innsidehandel og/eller brot på teieplikta. I tillegg vart ei sak om manipulasjon av marknaden meldt til politiet. Tilsynet tok imot 77 rapportar frå verdipapirføretak i tråd med føresetnad om rapporteringsplikt ved mistanke om innsidehandel eller marknadsmanipulasjon.
Det har vore høg aktivitet gjennom 2018 i både aksje- og obligasjonsmarknaden. Finanstilsynet kontrollerte 190 prospekt, der 65 av desse galdt aksjar.
Finanstilsynet kontrollerte den finansielle rapporteringa til 30 noterte føretak i 2018. Resultata av kontrollane vert kommunisert breitt i marknaden.
Pensjonsrådgjevinga i verdipapirføretaka er eit prioritert område for Finanstilsynet. I 2018 gav Finanstilsynet endelege merknader etter tilsyn med pensjonsrådgjevinga i 2017 i tre verdipapirføretak. Finanstilsynet gjennomførte ytterlegare eit tilsyn med pensjonsrådgjeving i eit verdipapirføretak i 2018
Fleire tilsyn med revisjonsføretak og ansvarlege revisorar er gjennomførte i 2018. Enkelte av sakene om tilbakekalling av godkjenning på rekneskapsførings- og revisjonsområdet har vore særleg ressurskrevjande.
Forbrukarvern
Godt forbrukarvern er viktig for den einskilde forbrukar og for tilliten til aktørane i finansmarknaden. Det har vore ein betydeleg vekst i forbrukslån dei seinare åra. Finanstilsynet kartla i 2018 føretaka si etterleving av Finanstilsynets retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån og gjennomførte stadleg tilsyn i fleire bankar med forbrukslån som sentralt verksemdsområde.
På verdipapirområdet er investeringsrådgjeving til forbrukarar prioritert. Fleire løyve er kalla tilbake på grunn av brot på god forretningsskikk.
I 2018 gjennomførte Finanstilsynet 21 ordinære stadlege tilsyn på eigedomsmeklingsområdet, derav 17 i eigedomsmeklingsføretak og fire hos advokatar. Sentrale krav for bustadformidlinga som har mykje å seie for forbrukarar, vart prioritert. I tillegg vart det gjennomført seks stadlege tilsyn på kvitvasking. Vidare vart retningslinene om såkalla off market-sal skjerpa på bakgrunn av eit tematilsyn frå 2017.
Inkassoføretak og inkassoprosessane er følgde opp også i 2018, og det vart gjennomført fire stadlege tilsyn i inkassoføretak. I tillegg vart det gjennomført 14 undersøkingar på bakgrunn av tips, der Finanstilsynet fekk utgreiing frå inkassoføretaka i enkeltsaker og følgde opp føretaka der dette vart naudsynt.
Finanstilsynet har også arbeidd med regulering av lånebasert folkefinansiering og utarbeidd framlegg til nytt regelverk på dette området.
Effektiv krisehandtering
Beredskap til å kunne handtere kritiske situasjonar er viktig for tilliten til det finansielle systemet. Finanstilsynet har førebudd gjennomføringa i Noreg av reglane i krisehandteringsdirektivet og førebudd Finanstilsynet sin rolle som norsk krisehandteringsmyndighet. Tilsynet har i 2018 òg vurdert oppattrettingsplanane i dei større bankane i Noreg.
Finanstilsynet leiar arbeidet i Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur. Utvalet har medlemmar frå sentrale aktørar i den finansielle infrastrukturen og har i oppgåve å kome fram til og koordinere tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar og andre situasjonar som kan resultere i store forstyrringar i infrastrukturen. I 2018 hadde utvalet tre møte og ei kriseøving.
Finanstilsynet er utpekt som eit såkalla sektorvist responsmiljø for finansmarknaden og vil utøve oppgåva saman med Nordic Financial CERT, som finansnæringa har etablert som eit kompetansesenter om digitale angrep. Saman har dei arbeidd med å etablere funksjonar som trengs for å utføre oppgåva.
Internasjonal verksemd
Mengda arbeid i samband med både samordning av tilsynspraksis i EU og innlemming av reglar i EØS-avtalen har auka betydeleg dei siste åra.
Finanstilsynets tilsynsverksemd vert stadig meir samordna med dei andre EØS/EFTA-landa. Dette omfattar både rapportering, analysar, handheving av regelverk og anna tilsynsarbeid. EUs finanstilsyn, EBA, ESMA, EIOPA og ESRB, har ei sterk koordinerande rolle. Dei utarbeider tilsynshandbøker og fastset anbefalingar om tilsynspraksis som det vert forventa at nasjonale finanstilsyn skal følgje. EUs finanstilsyn koordinerer òg såkalla fagfellevurderingar (Peer Reviews), der nasjonal tilsynspraksis vert vurdert opp mot praksis i andre EØS-land.
På finansområdet er det framleis eit stort etterslep av EU-reglar som skal inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. I 2018 vart 84 EU-direktiv og forordningar som gjeld finansmarknaden tekne inn i EØS-avtalen. Tilsynet bidrog i 2018 til å kvalitetssikre EU-reglar som vert innlemma i EØS-avtalen. Tilsynet har førebudd mange rettsaktar som enno ikkje er innlemma i EØS-avtalen. Truleg vert fleire av disse innlemma og gjennomførte i norsk rett i 2019. Finanstilsynet deltek også i globale samarbeidsorganisasjonar.
Samla resultatvurdering
Finanstilsynet har, etter Finansdepartementets vurdering, følgt opp mål, føringar og planlagde oppgåver og aktivitetar for 2018 på ein god måte. Utvikling av tenester, oppgåveløysing og arbeidsprosessar gjennom IT-utvikling og digitalisering, krev ekstra merksemd for Finanstilsynet framover. Dette vil gjere tilsynet betre i stand til å møte framtidas utfordringar.
Viktige utfordringar
Omfattande regelverksutvikling i EU gjer at Finanstilsynet må bruke betydelege ressursar på å utvikle tilsvarande norsk regelverk. Det er ei utfordring å handtere regelverkutviklinga og samstundes halde fram med eit tilstrekkeleg omfattande tilsynsarbeid med høg kvalitet. Utfordringa krev mellom anna at Finanstilsynets tilsynsarbeid følgjer beste praksis internasjonalt og at det aktivt utnyttar tilgjengelege teknologiske løysingar og utviklar eigne støttesystem for å handtere utviklinga.
Utviklinga innanfor digitalisering set krav til Finanstilsynet på fleire område. Generelt fører digitalisering til hyppige endringar i prosessar og produkt på finansområdet. Høg grad av innovasjon vil kunne føre til auka pågang og reise regulatoriske spørsmål. For å møte framveksten av nye aktørar og forretningsmodellar skal Finanstilsynet, i tråd med føringar frå Stortinget, etablere ei såkalla regulatorisk sandkasse som skal opne for søknadar seinast 31. desember 2019.
Nettbaserte løysingar må tilfredsstille krav til forsvarleg kundevern, identifikasjon, dokumentasjon og teknisk tryggleik. Det nye betalingstenestedirektivet (PSD 2) inneber til dømes at verdikjeda i betalingssystemet vert endra og nye, teknologibaserte tenester vert innførte. Det er òg venta fleire aktivitetar i randsona av konsesjonsplikt, til dømes plattformer for folkefinansiering. Digitaliseringa har ført til store endringar i måten finansføretaka og marknadene innrettar verksemda si på, samstundes som ho har ført til auka sårbarheit som tilsynet må følgje opp.
Dei seinare åra har det vore ein gradvis overgang frå ytingspensjon til innskotspensjon med investeringsval. Dei nye produkta krev fagleg forsvarleg og balansert rådgjeving, og både på forsikringsområdet og verdipapirområdet må Finanstilsynet sjå til at føretaka rettar seg etter god forretningsskikk i sals- og rådgjevingsverksemda.
Det er venta at Finanstilsynet framleis må bruke betydelege ressursar på regelverksutvikling. I hovudsak vil det vere oppdrag frå Finansdepartementet i samband med gjennomføring av direktiv og forordningar som ein del av EØS-pliktene. Regelverksendringane frå EU vil krevje mellom anna ytterlegare systemutvikling med aukande krav til rapportering til EBA, ESMA og EIOPA. Tilsynet skal hente inn omfattande data frå norske finansføretak som skal inngå i den overordna overvakinga av finanssektoren i Europa.
Oppfølging av EUs krisehandteringsdirektiv og gjennomføring i norsk rett vil krevje mykje ressursar frå Finanstilsynet dei nærmaste åra. Med det nye regelverket må alle bankar utarbeide gjenopprettingsplanar for å handtere finansielle krisesituasjonar.
Vidare er Finanstilsynets ansvarsområde utvida fordi verksemd med handel i varederivat har vorte regulert og underlagd tilsyn som følgje av nytt EU-regelverk. Det inneber at Finanstilsynet vil få nye, ikkje-finansielle føretak under tilsyn. Føretak som handlar med råvarer, her òg kraftselskap, vert til dømes underlagde den same reguleringa som verdipapirføretak.
Klimarisiko har fått meir merksemd i finansmarknadene. Endring i klima og risikoen i samband med overgangen til eit lågutsleppssamfunn, kjem til å få større økonomiske konsekvensar for føretaka. EU har ambisiøse mål på dette området og meir regulering er venta i tida framover.
Mål og prioriteringar i 2020
Finanstilsynets samfunnsoppdrag er utdjupa i seks mål. Det er fastsett følgjande mål for Finanstilsynet for 2020:
Solide og likvide finansføretak
Robust infrastruktur
Vern av investorar
Forbrukarvern
Effektiv krisehandtering
Innsats mot kriminalitet
Underliggjande styringsparametrar og forklaringsvariablar vert fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Finanstilsynet i samband med utforminga av tildelingsbrev til verksemda for 2020. I oppfølginga av etaten tek departementet omsyn til at dette er mål der oppfyllinga vert påverka av mange forhold som Finanstilsynet ikkje direkte kan styre, men der Finanstilsynet kan bidra til at måla vert nådde. Heilt feilfri oppgåveløysing er ikkje realistisk. Finanstilsynet arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. Etaten må nytte ressursane på best mogleg måte og prioritere på grunnlag av risikovurderingar. Departementet forventar at etaten prioriterer å utnytte informasjonsteknologi for å effektivisere verksemda der det er mogleg, og at etaten sørgjer for rett kompetanse til dei ulike oppgåvene etaten skal løyse.
Viktige prioriteringar i 2020 vert:
Makrotilsyn
Finanstilsynet skal leggje vekt på makrotilsyn og makroøkonomisk overvaking. Erfaringar har vist at risiko i makroøkonomien kan skape finansielle kriser, og makrotilsyn må derfor vere ein integrert del av eit effektivt tilsyn. Makrotilsynet skal vere særleg retta mot den gjensidige påverknaden innanfor det finansielle systemet og mellom det finansielle systemet og realøkonomien.
Soliditetstilsyn med finansføretak
Gjennom stadlege tilsyn og anna laupande tilsynsverksemd, skal Finanstilsynet bidra til at føretaka har god soliditet, er likvide, har robust finansiering, eigna leiing og ei forsvarleg risiko- og verksemdstyring. Solide og likvide finansføretak er ein føresetnad for finansiell stabilitet, der føretaka er i stand til å oppfylle sine skyldnader overfor kundane og kan ta hand om sine samfunnsfunksjonar. Klimarisiko skal inngå i tilsyn med risiko og risikostyring i føretaka.
Tilsyn med distribusjon av utlån, pensjons- og fondsprodukt samt andre finansielle instrument
Pensjonsprodukt med investeringsval og sparing i fondsprodukt inneber at kundane sjølv ber avkastningsrisikoen, og gjennom låneopptak pådreg kundane seg gjeldsforplikting. Gjennom sitt tilsyn skal Finanstilsynet medverke til at føretaka tilbyr og formidlar produkta på ein forsvarleg måte, der dei tek vare på interessa til kundane og tek omsyn til deira føresetnader for å forstå eigenskapane til produkta og konsekvensar av sine avgjerder.
Tilsyn med aktørane i betalings-, handels- og oppgjerssystema og annan finansiell infrastruktur
Alvorleg svikt eller samanbrot i den finansielle infrastrukturen kan ramme finanssektoren og vitale samfunnsfunksjonar hardt. Nye og avanserte digitale løysingar og nye aktørar og leverandører kan medverke til auka effektivitet, men kan òg auke risikoen i det finansielle systemet. Finanstilsynet skal bidra til at aktørane har tilfredsstillande styring og kontroll av IKT-risiko, cyberrisiko og annan operasjonell risiko.
Tilsyn med etterleving av kvitvaskingsregelverket
Manglande etterleving av kvitvaskingsregelverket aukar risikoen for at føretaka vert brukte til kriminalitet, og det aukar risikoen for omdømetap for føretaka og sviktande tillit til det finansielle systemet. Tilsynsverksemda har avdekt vesentlege svakheiter i etterleving av kvitvaskingsregelverket hos finansføretaka og andre rapporteringspliktige, og arbeidet må framleis ha prioritet.
Effektiv tilsynsverksemd
Vidare auke i Finanstilsynets oppgåver skjerpar kravet til effektiv utnytting av tilsynet sine ressursar og til prioritering av innsatsen på dei ulike tilsynsområda slik at samla måloppfylling vert høgast mogleg. Det er viktig at Finanstilsynet følgjer beste praksis for tilsynsarbeid, og at det nyttar tilgjengelege teknologiske løysingar. Finanstilsynet må kontinuerleg arbeide med å effektivisere arbeidsprosesser. Dei siste åra har Finanstilsynet arbeidd med å vidareutvikle stabile og effektive løysingar for rapporteringa frå føretaka, og dette må framleis ha merksemd.
Budsjett for 2020
Departementet foreslår å setje budsjettramma til Finanstilsynet for 2020 til 444 mill. kroner. Dette er ein auke med 6,9 pst. frå Saldert budsjett 2019. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor, jf. Mål og prioriteringar i 2020.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2020 foreslår departementet ei løyving på 419,9 mill. kroner. Dette er ein auke med 7,8 pst. frå Saldert budsjett 2019. Til grunn for auken ligg at Finanstilsynet stadig får nye og endra oppgåver som følgje av både internasjonalt regelverk og nasjonale tilhøve. Dette vil òg ha innverknad på utføringa av dei faste oppgåvene tilsynet har. Finanstilsynet må difor leggje stor vekt på å sikre rasjonell og effektiv drift.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for IKT-systema i Finanstilsynet. Nye krav til tilsyn og tilsynsmetodar stiller omfattande krav til tilpassingar og utvikling av IKT-system som støtte for tilsynsarbeidet. For 2020 gjeld det mellom anna vidare arbeid med å tilfredsstille europeiske rapporteringskrav og leggje til rette for naudsynt analyse og større utviklingsprosjekt knytt til oversending av CRDIV data frå alle bankane. Arbeid med å modernisere Finanstilsynets samla IKT-plattform, samt følgje opp den gjennomførte teknologimoglegheitstudien, vil verte prioritert. For 2020 gjer departementet framlegg om å løyve 24,1 mill. kroner.
Kap. 4602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
03 | Sakshandsamingsgebyr | 12 002 | 12 000 | 12 300 |
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | -174 | 500 | 500 |
Sum kap. 4602 | 11 828 | 12 500 | 12 800 |
Post 03 Sakshandsamingsgebyr
Posten omfattar hovudsakleg gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Vidare inngår gebyr for saksbehandling av søknader om å drive verksemd som betalingsføretak og e-pengeføretak og gebyr ved tildeling av inkassoløyve. Etter endringar i betalingstenestedirektivet frå 1. april 2019 vil også gebyr for saksbehandling av søknader om løyve til å opptre som opplysningsfullmektige inngå her.
Finanstilsynet skal sjå til at gebyra i størst mogleg utstrekning reflekterer dei reelle kostnadene ved saksbehandlinga. Eventuelle avvik mellom dei pålagde gebyra og kostnadene Finanstilsynet har ved prospektkontroll, vert fordelte året etter på dei noterte føretaka, anten som ei tilleggsutlikning eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter.
Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førde på kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, tilsynsavgift.
Saksbehandlingsgebyr ved tildeling av inkassoløyve er fire gonger rettsgebyret. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for inkassoføretaka. Saksbehandlingsgebyr for betalingsføretak og e-pengeføretak, samt opplysningsfullmektige, er fastsett i forskrift til kr 30 000. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for betalingsføretak og e-pengeføretak og opplysningsfullmektige.
Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 388 738 | 418 400 | 445 700 |
Sum kap. 5580 | 388 738 | 418 400 | 445 700 |
Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt ut dekte av føretaka som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Finansieringa av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Lovreglane er supplerte med forskrifter. Brukarbetalinga er ein funksjon av budsjetterte tilsynsutgifter same året. I tillegg til utgiftene på kap. 1602 kjem posteringar på kap. 1633 Nettordning, statleg betalt meirverdiavgift, og til frådrag kjem inntektene på kap. 4602 Finanstilsynet, post 03 Sakshandsamingsgebyr. For 2020 er det vidare gjort frådrag med vel 5,8 mill. kroner for eingongsverknaden av ei regelendring for mellomvær med statskassa.
Den samla betalinga frå tilsynseiningane i 2020 er budsjettert til 445,7 mill. kroner. I tillegg kjem inntektene frå sakshandsamingsgebyr, jf. omtale ovanfor.
Kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 508 477 | 507 200 | 607 400 |
22 | Opplæringskontoret OK stat | 6 300 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 16 746 | 16 200 | 16 600 |
Sum kap. 1605 | 525 223 | 523 400 | 630 300 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Direktoratet for økonomistyring vert i 2020 omorganisert og endrar frå same tid namn til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Frå 1. januar 2020 vert fagområda til avdelinga for leiing og avdelinga for utgreiing og analyse flytta frå Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) til DFØ. Fagområdet innkjøp vert òg flytta frå Difi til DFØ i løpet av andre halvdel av 2020. Sjå nærare omtale av endringane i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og for Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).
DFØ er statens fagorgan for økonomi, styring, leiing og organisering i staten. DFØs samfunnsoppdrag er å vere pådrivar for god styring, leiing og organisering i staten, og for at staten skal oppnå stordriftsfordelar og synergiar i eiga drift. DFØ skal sørgje for ei heilskapleg tilnærming og utvikling av områda det har ansvar for.
DFØ leverer fellestenester på løn og rekneskap og forvaltar konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning. DFØ forvaltar utgreiingsinstruksen, reglement for økonomistyring og føresegner om økonomistyring (økonomiregelverket i staten). DFØ skal gje faglege råd om mellom anna samfunnsøkonomiske analysar, evalueringar, utarbeiding og oppfølging av strategiar, mål- og resultatstyring og risikostyring. DFØ skal gje leiarar og tilsette i statlege verksemder tilbod om kompetanseutvikling på sine fagområde. DFØ vil undersøkje og analysere tilstand, utvikling og endringsbehov på sine fagområde i norsk forvaltning for å utvikle statleg styring og leiing. DFØ har òg ei rolle som fagleg premissleverandør. I dette ligg det at DFØ skal kunne greie ut aktuelle problemstillingar om organisering, styring og leiing i staten for å kunne gje innspel til politikkutvikling på desse fagområda. Ei slik rolle krev god oversikt over status, utvikling og endringsbehov i forvaltninga. DFØ skal gje statlege verksemder råd i arbeidsgjevarspørsmål og medverke i arbeidet til KMD med å følgje opp regjeringa si inkluderingsdugnad i staten og integreringsløftet.
Frå andre halvdel av 2020 vil DFØ òg ha ansvar for fagmiljø for innkjøp i offentleg sektor, inkludert Statens innkjøpssenter. Flyttinga av fagområde gjer at DFØ får ei større målgruppe. Innan fagområde offentlege innkjøp vil DFØ ha stat, kommune og næringslivet som målgruppe.
DFØ er lokalisert på tre stader – i Stavanger, Trondheim og Oslo – og hadde per 31. desember 2018 ei bemanning som svarer til 389 årsverk.
Resultat i 2018
Resultata til DFØ i 2018 vert vurderte ut ifrå tre hovudmål, jf. omtale nedanfor.
Hovudmål 1: DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse
DFØ har ansvaret for å forvalte økonomiregelverket i staten og utgreiingsinstruksen. Dette inkluderer mellom anna å behandle søknader om unntak og svare på spørsmål om regelverka. DFØs metode- og kompetansetiltak byggjer på prinsippa og standardane i desse regelverka. I 2018 arbeidde DFØ med rettleiingar, utgreiingar, rapportar, presentasjonar, kurs, seminar, faglege nettverk og rådgjevingsoppdrag innanfor sitt fagområde. I 2018 omfatta dette fagområdet mellom anna:
økonomiregelverket i staten
utgreiingsinstruksen
mål- og resultatstyring, resultatmålingar og resultatinformasjon
verksemdstyring, risikostyring og internkontroll
etatsstyring
tilskotsforvalting
evalueringar på styringsområdet
samfunnsøkonomiske analysar
statsrekneskap og verksemdsrekneskap
årsrapport og oppstilling av årsrekneskapen
statleg betalingsformidling (statens konsernkontoordning)
Tenestene er tilgjengelege for alle statlege verksemder som bidrag til å betre verksemds- og økonomistyringa i deira organisasjonar. Kompetansetenestene skal gjere det tydeleg for departementa og statlege verksemder kva krav regelverket set og kva som er god praksis for statleg styring. DFØs undersøking for 2018 syner at brukarane er godt nøgde med svara frå DFØ på spørsmål som gjeld økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen. Dei er òg nøgde med DFØs kompetansetiltak innan styring, utgreiing og analyse. Leiarar og andre brukarar av kompetansetiltaka svarer at dei meiner DFØ har bidrege til god styring i statlege verksemder.
DFØ har dei siste åra skaffa seg betre innsikt i brukarane sine vurderingar og praksis. DFØ har nytta innsikta til å utvikle kompetansetenester som er meir oppgåveorienterte og tilgjengelege.
DFØ har arbeidd med fleire utviklingstiltak på forvaltingsområdet i 2018. DFØ har mellom anna revidert rettleiingar til utgreiingsinstruksen og for samfunnsøkonomiske analysar. DFØ har gjennomført ein forenkla analyse av ulike digitale fellesløysingar som kan gje betre oversikt over tilskotsordningar og utbetalingar. Vidare har DFØ greidd ut korleis endra krav til statlege verksemder kan takast inn i økonomiregelverket i 2019 på ein god måte.
DFØ har samarbeidd med Difi på fleire viktige område i 2018. Mellom anna har DFØ og Difi i fellesskap kartlagt og vurdert bruken av styre i staten, og dei har samarbeidd i eit prosjekt om korleis årsverk i staten skal målast. DFØ har i 2018 òg delteke i eit fellesprosjekt med Nasjonalbiblioteket og Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa for å greie ut om det skal utviklast eit sams, digitalt system for å samle og dele kunnskap i offentleg sektor.
Hovudmål 2: DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige
DFØs løns- og rekneskapstenester
DFØ tilbyr økonomitenester til verksemder i statsforvaltinga. Per 31. desember 2018 får 86 pst. av statlege verksemder levert lønstenester frå DFØ, medan 74 pst. av verksemdene er rekneskapskundar. I 2018 vart all løn utbetalt til rett tid, og alle rekneskapskundane av DFØ rapporterte til statsrekneskapen innan fristen.
DFØ har i 2018 teke opp fleire nye kundar og utvida samarbeidet med noverande kundar. Undersøkingar som DFØ har utført i 2018, syner at kundane samla sett er noko meir nøgde enn dei var i 2017. Kundane meiner DFØs løns- og rekneskapstenester er nyttige, og dei er òg tilfredse med DFØs tilbod av rapportar med styringsinformasjon.
I 2018 gjennomførde DFØ fleire utviklingstiltak for å utnytte teknologi, forenkle tenestene og gje betre brukarstøtte.
Statsrekneskapen og konserntenestene
DFØ har ansvaret for forvalting og drift av statsrekneskapen. DFØs tenester for rapportering til statsrekneskapen får gode tilbakemeldingar frå brukarane. DFØ set òg opp ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap som inngår i den årlege stortingsmeldinga om statsrekneskapen.
Sidan 2015 har DFØ publisert rådata (sjå data.norge.no) med rekneskapsinformasjon etter standard kontoplan. DFØ lanserte i 2017 portalen statsregnskapet.no, og i 2018 vart innhaldet òg utvida med rekneskapsdata for nettobudsjetterte verksemder. Løysinga frå DFØ for publisering av statsrekneskapen gjer rekneskapsinformasjon frå statlege verksemder tilgjengeleg og mogleg å samanlikne på ein enkel måte. Dette har gjeve allmenta ein enklare og betre tilgang til informasjon om statleg ressursbruk.
DFØ forvaltar rammeavtalar med bankar om betalingstenester i staten og inngjekk i 2018 nye rammeavtalar om betalings- og kontohaldstenester for statlege verksemder. Statlege verksemder må bruke avtalane som inngår i statens konsernkontoordning. Brukarane er nøgde med tenestene innanfor betalingsformidlingsområdet, og dei er jamt over noko meir nøgde enn tidligare år.
Hovudmål 3: DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsfordelar
DFØ er ein stor leverandør av løns- og rekneskapstenester internt i staten, òg samanlikna med leverandørar i privat sektor. Kundemassen er jamt aukande. Til saman fekk om lag 84 000 faste tilsette og om lag 110 000 honorar- og timelønte medarbeidarar i statlege verksemder løn gjennom DFØs lønstenester i 2018.
Ved å tilby standardiserte løns- og rekneskapstenester med eit stort volum, oppnår ein stordriftsfordelar. Dei viktigaste fordelane staten oppnår ved at DFØ er ein stor tenesteleverandør, er betre kvalitet og høgare effektivitet.
DFØ deltek i det nordiske Finance Benchmarking-programmet til Ernst & Young AS. I denne referanseundersøkinga vert DFØ samanlikna med andre offentlege verksemder som tilbyr fellestenester, og med resultat frå internasjonale undersøkingar. Undersøkinga syner at DFØ skåra godt. På to av dei tre områda med høgast volum, har DFØ i 2017 redusert kostnadane per eining (inngåande faktura og handtering av løn). For det tredje området (hovudbok og periodeavslutning) er det som følgje av meirkostnadar i forbindelse med omstilling ein svak auke i kostnadar per eining.
DFØ arbeider kontinuerleg med å utvikle og motivere brukarane til å ta i bruk dei digitaliserte løysingane DFØ tilbyr. Mobil-appen for DFØs lønsteneste har heilt sidan lanseringa i 2015 vorte utvikla med nye funksjonar, og nye brukargrupper har etter kvart kunne ta appen i bruk. Per 31. desember 2018 hadde DFØ nærare 60 000 unike brukarar av appen. DFØ har i 2018 òg lansert ein ny sjølvbeteningsløysing for honorarmottakarar (Betalmeg) som er meir brukarvennleg og effektiv for brukarane.
DFØs satsing på elektronisk fakturabehandling i statlege verksemder har gjeve administrative innsparingar i staten og betre økonomistyring hos kundane. Per 31. desember 2018 vert om lag 74 pst. av fakturaene i DFØ behandla elektronisk, mot 65 pst. i 2016. Om lag ein million fakturaer gjekk gjennom DFØs elektroniske fakturaløysing.
DFØs innkjøpsløysing for e-handel integrerer heile innkjøpsprosessen frå bestilling til betaling. Løysinga bidreg til at kundar kan oppfylle krava til sporing og dokumentasjon som vert stilte i økonomiregelverket. 45 verksemder har teke i bruk løysinga ved utgangen av 2018. Løysinga samhandlar med Difis e-handelsplattform og er ein integrert, men frivillig, del av DFØs tenester på rekneskapsområdet.
Satsinga på ny teknologi har gjeve resultat. Den nye digitale assistenten hjelper til dømes honorarmottakarar å fylle ut skjema og tilsette med å fylle ut reiserekningar. Assistenten vert nytta utanfor opningstida til kundesentera og handterte i andre halvår 2018 over 5 000 spørsmål og 2 500 samtalar. DFØs kundar kan òg velje å nytta robotane DFØ tilbyr for nokre av prosessane innanfor økonomitenestene. Over halvparten av kundane nyttar dei valfrie robotane ved mellom anna sjukmeldingar og reisekontroll.
Samla resultatvurdering
Departementet meiner DFØs resultat i 2018 syner at brukarane er tilfredse og at enkeltoppdrag er leverte i tråd med departementets forventningar. Ut frå hovudmåla som vart sette for etaten i 2018, vurderer Finansdepartementet resultata samla sett som gode.
Viktige utfordringar
DFØ vert omorganisert i 2020. Fagområda til avdeling leiing, avdeling for utgreiing og analyse og avdeling for offentlege innkjøp vert flytta frå Difi til DFØ. Dette inneber at DFØ får ansvar for fagområda leiing, organisering, kompetanseutvikling og arbeidsgjevarstøtte, som skal styrast fagleg frå KMD, medan innkjøp skal styrast fagleg frå Nærings- og fiskeridepartementet, unntatt Statens innkjøpssenter, som skal styrast fagleg frå KMD. Endringane fører til at DFØ får ansvar for fleire fagområde og må arbeide med å innleme dei nye fagområda på ein god måte. Det er viktig at DFØ har ei heilskapleg tilnærming og ser i kva mon samordninga av fagområda kan gje brukarane betre tenester.
Omsynet til effektive fellesløysingar gjer at løns- og rekneskapstenestene i dag er løyvingsfinansierte. Nye kundar av DFØ overfører eit beløp som svarer til marginalkostnaden ved å ta opp ein ny kunde. Dette er i regelen eit lågare beløp enn det verksemda sjølv har brukt. Gevinsten gjer det mogleg å effektivisere verksemda.
På økonomiområdet leverer DFØ fellestenester som gjev synergiar og stordriftsfordelar for staten. For å kunne gjere dette må direktoratet vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar mot behovet for spesialtilpassingar for einskildverksemder eller grupper av verksemder.
Løysinga med standardiserte tenester fungerer godt for dei små verksemdene i staten. Dei større statlege verksemdene som no melder seg som kundar, etterspør meir tilpassa tenester, og dei har behov for integrering med verksemdsinterne system som er kritiske for drifta. Dette kan vere utfordrande når DFØ samstundes skal bidra til å realisere stordriftsfordelar for staten. Det vil likevel vere ei god løysing for staten samla sett at DFØ tilpassar eller utviklar løysingar for ei verksemd dersom dei òg kan kome til nytte for fleire verksemder. Mange kundar ynskjer òg å kunne betale for å få levert fleire og betre tenester innan løn og rekneskap. Dei har behov for nye løysingar og ser gjerne at DFØ kan utvikle desse på oppdrag frå verksemda. Kundane ynskjer òg fleire og utvida tenester på tilgrensande område. I tida som kjem vil det vere viktig å halde staten sine interesser under eitt opp mot behova i einskilde verksemder. For å tilby løysingar til desse kundane kan DFØ utvikle løysingar, finansiert av einskilde kundar, men som òg skal kunne nyttast av andre kundar, som hovudregel vederlagsfritt.
Mål og prioriteringar i 2020
Finansdepartementet fastsett desse hovudmåla for DFØ for 2020:
DFØs kundar har effektiv økonomistyring og kan frigjere ressursar
Statlege verksemder bruker avgjerdsgrunnlag av god kvalitet
Statleg styring er tilpassa eigenart og retta mot overordna mål og effektiv ressursbruk
Offentlegheita har enkel og god tilgang til informasjon om statleg ressursbruk
Statlege verksemder er effektivt organisert og leia
Frå ein gong i løpet av andre halvdel av 2020 vil DFØ òg ha ansvar for fagområdet innkjøp. Frå same tidspunkt overtar DFØ dei føringar som allereie finst på innkjøpsområdet, slik dei er omtalte i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og for Nærings- og fiskeridepartementet.
Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og DFØ i samband med utforminga av tildelingsbrevet frå departementet til etaten for 2020.
Resultata i 2020 skal jamt over vere like gode som resultata i 2018, jf. rapportomtalen ovanfor. Som følgje av den pågåande omorganiseringa er det ein viss risiko for at nokre resultat i 2020 og dei neste åra kan verte noko svakare enn tidlegare år.
DFØ arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Heilt feilfri oppgåveløysing er ikkje eit realistisk mål.
Viktige prioriteringar i 2020
Utvida tenestetilbod
Dei fire store universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø vert løns- og rekneskapskundar av DFØ frå 2021 og 2022. Dette inneber at talet på tilsette hos DFØs kundar aukar frå 93 000 til 116 000. Dette er ein monaleg auke med 25 pst., og universiteta er komplekse og krevjande kundar. I tillegg vil talet på honorar- og timelønte auke frå 107 000 til 156 000.
DFØ skal utvikle ei løysing for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) til universiteta i Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø. Løysinga er planlagd teke i bruk frå 2021 for to av universiteta, og dei to siste i 2022. Slike nye løysingar gjer DFØ i betre stand til å tilby effektive løns- og rekneskapstenester i staten.
Heilskapleg utvikling
Frå 1. januar 2020 vert fagområda leiing, organisering og arbeidsgjevarstøtte i staten flytta frå Difi til DFØ. I løpet av andre halvdel av 2020 vert fagområde innkjøp flytta frå Difi til DFØ. Ei samling av fagområda legg til rette for ei meir samordna utvikling av fagområda. Det kan òg gje statlege verksemder betre og meir heilskaplege tenester enn før. Det er difor viktig at DFØ i 2020 arbeider med å innleme og samordne fagområda på ein god måte.
Stabil teneste og drift
DFØ har i løpet av dei siste åra vore gjennom to store omstillingsprosessar og får i 2020 ansvaret for fleire nye fagområde. Samstundes aukar talet på kundar raskt, og direktoratet er i ferd med å ta opp fleire svært store verksemder som kundar. I 2020 inneber dette at direktoratet har behov for å tryggje drifta og tid til å gjennomføre desse krevjande prosessane.
Behandling av personopplysingar
Direktoratet yter viktige fellestenester til dei fleste verksemdene i staten. Som ein stor utbetalar av løn behandlar DFØ store mengder opplysningar om tilsette i staten og andre som mottar honorar frå staten. I takt med at talet på kundar aukar og at DFØ tilbyr nye løysingar, aukar òg informasjonen DFØ er ansvarleg for. DFØ må arbeide systematisk med å forbetre informasjonstryggleiken. DFØ må syte for å ha rutinar og system som gjer at behandlinga av slike opplysningar er forsvarleg. DFØ skal i 2020 arbeide vidare med å styrkje informasjonstryggleiken på dette området.
Budsjett for 2020
Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til DFØ for 2020 til 630,3 mill. kroner. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor, jf. mål og prioriteringar i 2020.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, drift og innkjøp av kontorutstyr og IKT-utstyr med meir. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ekstern leverandør, i tillegg til utgifter til vidareutvikling av tenestene.
I løyvingsframlegget er det innarbeidd flytting av løyvingar frå Difi til DFØ for å dekkje lønnsutgifter, utgifter til leige og anna for dei to avdelingane som skal til DFØ frå 1. januar 2020. Frå 2020 vert om lag 66,6 mill. kroner flytta frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett til kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, post 01 Driftsutgifter. Av dette vert nærare 63,1 mill. kroner flytta frå kap. 0540 Direktoratet for forvaltning og IKT (frå 2020 Digitaliseringsdirektoratet), post 01 Driftsutgifter, nærare 2,5 mill. kroner frå post 21 Spesielle driftsutgifter og om lag 0,1 mill. kroner frå post 23 Utvikling og forvaltning av nasjonale felleskomponentar. 0,9 mill. kroner vert flytta frå kap. 500 Kommunal- og moderniseringsdepartementet, post 01 Driftsutgifter. Løyvinga inkluderer òg løyving til drift av OK stat og eit forsøksprosjekt for OK stat i Nord-Noreg som held fram til 2021. Sjå omtale under post 22 og kap. 4605, post 02. Utgiftsoverslaga er usikre, og det kan verte behov for seinare justeringar. Eventuelle framlegg om slike vil verte fremja for Stortinget.
DFØ vil ha nokre eingongsutgifter i samband med overtakinga av dei nye oppgåvene, og som ikkje er dekte av flyttinga frå andre budsjettkapittel. Det er difor omdisponert 7,7 mill. kroner frå andre budsjettområde til slike utgifter.
DFØ har inntekter mellom anna frå tenester som direktoratet utfører for andre statlege verksemder. DFØs kundemasse og korleis kvar einskild kunde betalar for tenestene, kan endre seg gjennom året.
Sidan det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Det vert gjort framlegg om å løyve 607,4 mill. kroner under post 01.
Post 22 Opplæringskontoret OK stat
OK stat er eit opplæringskontor for verksemder i staten, og som gjev eit tilbod til verksemder i 10 fylke. Frå hausten 2019 vil OK stat som ein del av ei forsøksordning òg gje eit tilbod til verksemder i Nord-Norge. OK stat er eit ledd i regjeringa si satsing for fleire lærlingar. Sjå omtale av Opplæringskontoret OK stat under programkategori 13.00 i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Frå 1. januar 2020 tek DFØ over ansvaret for OK stat frå Difi. Frå same tidspunkt vert løyvinga flytta frå kap. 0540 Direktoratet for forvaltning og IKT (frå 2020 Digitaliseringsdirektoratet), post 27 Opplæringskontoret OK stat, til kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, post 22 Opplæringskontoret OK stat. Løyvinga på posten omfattar utbetaling av lærlingstilskot til statlege verksemder som brukar OK stat, og som er knytte til OK stat. I 2019 vert det løyvd 10,3 mill. kroner til dette føremålet. Løyvinga vert i 2020 justert ned med 4,1 mill. kroner. Utviklinga viser no at talet på nye lærlingar har flata ut. Det tyder at det tidlegare overslaget for talet på nye lærlingar frametter var sett for høgt. Sjå omtale under post 01 og kap. 4605, post 02.
Det vert gjort framlegg om å løyve 6,3 mill. kroner under post 22.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar særleg utviklingstiltak for DFØs system og infrastruktur på IKT-området, medrekna naudsynte endringar og vidareutvikling av systemløysingar.
Det vert gjort framlegg om å løyve 16,6 mill. kroner under post 45.
Kap. 4605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Økonomitenester | 103 584 | 51 600 | 52 632 |
02 | Opplæringskontoret OK stat | 9 700 | ||
Sum kap. 4605 | 103 584 | 51 600 | 62 332 |
Post 01 Økonomitenester
Posten omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer visse utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet. Posten inneheld òg inntekter som gjeld betaling for løns- og rekneskapstenester frå kundar som har fått unntak frå rammeoverføring som finansieringsform, eller som av andre årsaker ikkje kan overføre løyving til DFØ.
Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Det vert gjort framlegg om å løyve 52,6 mill. kroner under post 01.
Post 02 Opplæringskontoret OK stat
Posten omfattar innbetalingar av lærlingstilskot frå fylkeskommunane. Løyvinga vert frå 2020 flytta frå kap. 3540 Direktoratet for forvaltning og IKT (frå 2020 Digitaliseringsdirektoratet), post 02 Opplæringskontoret OK stat til kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, ny post 02 Opplæringskontoret OK stat. I 2019 vert det løyvt 15,5 mill. kroner til dette formålet. Løyvinga for 2020 vert justert ned med 6,1 mill. kroner sidan talet på lærlingar har flata ut. Utviklinga viser at talet på nye lærlingar har flata ut. Det tidlegare overslaget for talet på nye lærlingar frametter var sett for høgt. Sjå omtale under post 22 og post 01.
Det vert gjort framlegg om å løyve 9,7 mill. kroner under post 02. Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, postane 01 Driftsutgifter og 02 Opplæringskontoret OK stat, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 02 Opplæringskontoret OK stat, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Kap. 1608 Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 20 321 | ||
Sum kap. 1608 | 20 321 |
Løyvinga under kap. 1608 var delt mellom tiltak for å styrkje økonomistyringa i staten og forsking og utvikling innanfor styring av store statlege investeringsprosjekt. Den delen som gjeld tiltak for styrking av statleg økonomistyring, vart frå 2019 av overført til kap. 1605 Direktoratet for økonomistyring. Midlar til utvikling av styring av store statlege investeringsprosjekt, vert frå 2019 av dekte over kap. 1600 Finansdepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter. Ved utløpet av 2018 var 46 000 kroner av løyvinga ikkje nytta, og dette beløpet vart overført til kap. 1605 Direktoratet for økonomistyring, post 01 Driftsutgifter.
Programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon
Utgifter under programkategori 23.20, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
1610 | Tolletaten | 1 625 096 | 1 612 800 | 1 765 000 | 9,4 |
1618 | Skatteetaten | 6 708 409 | 6 947 400 | 7 387 200 | 6,3 |
1619 | Skatteklagenemnda | 71 200 | |||
Sum kategori 23.20 | 8 333 505 | 8 560 200 | 9 223 400 | 7,7 |
Kap. 1610 Tolletaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 1 544 684 | 1 522 600 | 1 552 200 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 80 412 | 90 200 | 212 800 |
Sum kap. 1610 | 1 625 096 | 1 612 800 | 1 765 000 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre at lover og reglar for grensekryssande vareførsel vert etterlevde.
Dette inneber at Tolletaten skal forvalte og medverke til at regelverket for toll og grensekryssande vareførsel vert etterlevd, mellom anna ved å informere og rettleie aktørane. Etaten skal leggje til rette for at varer som vart førde inn eller ut av landet, som hovudregel vert registrert og klassifisert med riktig opphavsland og verdsett med riktig verdi, samt kontrollere at aktørane etterlever regelverket. Varer som er underlagde restriksjonar, skal kontrollerast for gyldige løyve ved inn- og utførsel. Smugling av varer som er ulovlege, ubeskatta eller underlagt restriksjonar, skal motverkast. Samstundes skal Tolletaten leggje til rette for effektiv handel og vareførsel.
Tolletatens verksemd har fleire positive effektar på samfunnsnivå.
Ved å motverke ulovleg inn- og utførsel av varer i strid med forbod eller restriksjonar, bidrar Tolletaten til eit trygt og berekraftig samfunn.
Ved å sikre riktige og fullstendige opplysningar om grensekryssande varer som grunnlag for å fastsetje skattar og avgifter, og ved å fastsetje riktig toll, bidrar Tolletaten til finansiering av offentlege tenester.
Ved å motverke ulovleg vareførsel bidrar Tolletaten til rettferdige konkurransevilkår for lovlydige aktørar.
Ved å samarbeide med internasjonale partnarar og handelsorganisasjonar bidrar Tolletaten til at Noreg oppfyller internasjonale forpliktingar og bidrar til utvikling av internasjonalt regelverk og praksis ved vareførsel.
Ved å registrere vareførsla inn og ut av Noreg bidrar Tolletaten til korrekt handelsstatistikk.
Etaten vart omorganisert 1. juni 2019 og består no av eit direktorat og to fagdivisjonar som båe har ansvar og oppgåver for heile landet. Fram til 1. juni 2019 var etaten organisert med eit direktorat og seks underliggjande tollregionar. Per 31. desember 2018 var etaten lokalisert 35 stader i landet og hadde ei bemanning som svarer til 1 384 årsverk. Talet på tollstader er ikkje endra som følgje av omorganiseringa. I tillegg utfører svenske og finske tollstader oppgåver for norske tollstyresmakter.
Resultat i 2018
Tolletatens resultat vert vurderte ut ifrå to hovudmål, jf. nedanfor.
Hovudmål 1: Leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer
Etaten behandlar og kontrollerer straumen av varer som kryssar grensa, med tilhøyrande vareinformasjon og inn- og utførselsdeklarasjonar. Deklarasjonane er grunnlaget for det meste av statsinntektene som kjem frå innførsel av varer til Noreg. Deklarasjonane vert òg brukte av Statistisk sentralbyrå i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer behandlings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.
I 2018 tok Tolletaten imot om lag 7,9 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 7,5 mill. i 2017. Dette var ein auke på 4,7 pst. Det er òg ei auke i talet på innførsel av vareparti, men kvar last som vart deklarert er mindre i volum og verdi. Det er grunn til å tru at ei viktig årsak til dette er at fleire store handelsaktørar etablerer sentrallager utanfor Noreg og har hyppigare og mindre sendingar til Noreg. Det er òg ein auke i talet på direktefortollingar, dvs. fortolling av varen ved passering av grensa inn til Noreg. Dette er positivt då det legg til rette for ein betre kontroll av varene som kjem inn i landet, men det krev at Tolletaten er til stades på grensa når transporten passerer denne. Det vart i 2018 arbeidd med å gjere direktefortolling meir automatisert og effektivt enn i dag, sjå nærare omtale av prøveprosjektet Ekspressfortolling.
Til saman vart det i 2018 utført om lag 167 000 deklarasjons- og etterkontrollar. Tolletaten har prioritert større saker om tollverdi, toll og restriksjonar. Deklarantar som gjer mange feil, får særskild oppfølging med informasjon og andre tiltak.
Talet på elektronisk behandling av søknadar om ny berekning auka med 12 pst. frå 2017. Dette er mellom anna eit resultat av at Tolletaten har prioritert å gje deklarantane mykje rettleiing. Gjennom forenkling, digitalisering og målretta informasjon og rettleiing arbeider etaten kontinuerleg med å betre kvaliteten på næringslivet si deklarering. Berekningar som vert behandla elektronisk, bidreg til at Tolletaten vert meir effektiv og digital. I eit prøveprosjekt kan søknad om ny berekning sendast gjennom ei forenkla løysing i Altinn i staden for TVINN (Tolletatens elektroniske deklarasjonssystem).
Til saman avdekte deklarasjons- og etterkontrollar og anna økonomisk kontrollverksemd at vel 138 mill. kroner vart deklarert feil eller prøvd unndrege i 2018. Avdekte beløp er på nivå med 2017.
Hovudmål 2: Beskytte samfunnet mot ulovleg inn- og utførsel av varer
Kontroll av vareførselen over grensa har òg som føremål å motverke ulovleg inn- og utførsel av farlege og ulovlege varer.
Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkje alvorlege lovbrot og fortenestemotivert ulovleg inn- og utførsel. Kampen mot den organiserte og profesjonelle smuglinga og mot narkotikakriminalitet har høg prioritet. Beslaga varierer frå år til år, og einskilde beslag kan gjere store utslag på årsresultatet.
Etaten har sidan 2012 nytta elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR) på nokre utvalde grenseovergangar i Østfold og Sør-Hedmark. Systemet syner og registrerer køyretøy som passerer. Det varslar mellom anna når køyretøy mistenkt brukt til smugling, passerer ein grenseovergang. Røynsla med ANPR har vore god. ANPR vert no systematisk bygd ut på alle landevegs grenseovergangar og ferjeleie med utanlandstrafikk. Sjå nærare omtale av ordninga i eige avsnitt under Mål og prioriteringar i 2020.
Tabell 5.1 Tolletaten – nøkkeltal frå grensekontrollen
År | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|
Kontrollerte objekt | 229 300 | 227 464 | 240 670 |
Tal på beslag | 34 908 | 37 498 | 37 811 |
Tal på treff i kontroll av reisande | 16 158 | 16 956 | 16 114 |
Tal på treff i kontroll av gods og kurér | 645 | 643 | 594 |
Tal på treff i kontroll av transportmiddel | 6 008 | 7 239 | 7 100 |
Tal på treff i kontroll av post | 3 279 | 11 432 | 12 086 |
Tal på lovbrot melde til politiet 1 | 6 201 | 6 522 | 7 051 |
Tal på avdekte alvorlege lovbrot | 592 | 680 | 609 |
Sum vekta avdekte alvorlege lovbrot | 2 640 | 2 741 | 2 228 |
1 Tal på lovbrot melde til politiet, vert vurdert som eit alvorleg lovbrot dersom det overstig ein fast definert terskelverdi for mengde varer.
Tolletaten har i 2018 prioritert å avdekkje og stanse varer med restriksjonar for områda helse, miljø og tryggleik. Tolletaten har gjort nokre fleire beslag enn i 2017. Kontrollaktiviteten har i 2018 i hovudsak vore litt under resultata i 2017, med unntak av tal på treff i kontroll av post. Det er ein mindre reduksjon i tal på treff i kontrollen av reisande, gods og kurér og transportmiddel, men ein auke i tall på treff i kontroll av post. Det er grunn til å tru at auken i varer som vert innførte med post, og som det er knytt restriksjonar til, er ein trend.
Beslaga vert òg målte ved at kvart alvorlege beslag vert vekta med ein poengsum etter kor stort beslaget er og kva for ei gruppe av beslag det høyrer til. Dei største narkotika- og dopingbeslaga gjev flest poeng. Dette vert gjort for å vektleggje dei beslaga som vanlegvis er eit resultat av eit meir ressurskrevjande etterretningsarbeid. Poenga vert summerte, og i 2018 vart resultatet 2 228 poeng som var noko lågare enn i 2017.
Tabell 5.2 Tolletaten – grensekontroll – beslagsstatistikk
År | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|
Tal på narkotikabeslag | 3 881 | 4 352 | 4 222 |
Dopingmiddel (einingar) | 194 600 | 127 152 | 155 000 |
Brennevin1 (i liter) | 60 800 | 72 098 | 50 899 |
Sprit2 (i liter) | 350 | 102 | 106 |
Vin (i liter) | 31 100 | 60 540 | 33 156 |
Øl (i liter) | 566 400 | 575 100 | 315 864 |
Sigarettar (stk.) | 8,9 mill. | 6,6 mill. | 12,9 mill. |
Valuta NOK3 | 19,5 mill. | 5,7 mill. | 10,3 mill. |
1 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.
2 Brennevin med meir enn 60 pst. alkohol
3 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve
I 2018 gjorde Tolletaten om lag 37 800 beslag. Av desse galdt om lag 4 200 narkotika. Talet på narkotikabeslag er marginalt lågare enn i 2017. Då var talet på beslag det høgaste nokosinne med om lag 4 400 beslag. Eit fleirtal av beslaga vart gjort i postsendingar, medan transportmiddel stod for dei største mengdene.
Tolletatens beslag av alkohol i form av brennevin, vin og øl i 2017 var det største på femti år. I 2018 er beslag av mengda alkohol lågare enn i 2017, medan talet på beslag er om lag som i 2017.
I 2018 har det vore ein veldig auke i beslag av valdsprodukt som knivar, stikkvåpen, slåsthanskar, batongar og elektrosjokkvåpen i postsendingar. Det er gjort over 2 400 beslag i 2018, mot tidlegare år der det har vart gjort rundt 3–500 beslag av valdsprodukt i året.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet vurderer driftsresultata i 2018 samla sett som gode, særleg sett i lys av at Tolletaten er i ei periode med omstilling og naudsynt overføring av midlar frå drift til investering og utvikling. Etaten kan syne til gode resultat i 2018, men somme resultat er noko dårlegare enn i 2017.
I styringa av Tolletaten har departementet lagt vekt på at langsiktig utviklingsarbeid i større grad må prioriterast, slik at etaten vert betre rusta til òg i framtida å oppnå gode resultat. Departementet er nøgd med at etaten i 2018 har arbeidd med ei rekkje tiltak for å gjere Tolletaten meir effektiv og utviklingsorientert. Tolletaten har fått løyvd midlar til å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og ekspressfortolling – Treff-satsinga. Departementet forventar at satsinga vil bidra til ein betre og meir effektiv tolletat.
Viktige utfordringar
Tolletatens evne til å løyse samfunnsoppdraget vert utfordra av stadig større volum som skal kontrollerast, samstundes som etaten er underlagt krav til meir effektiv drift. Dette inneber krevjande prioriteringar i Tolletaten. Etaten må arbeide systematisk for å nytte tildelte ressursar og tilgjengelege verkemiddel på ein effektiv måte. Tolletaten må mellom anna i åra framover prioritere å betre balansen mellom drift, utvikling og investeringar.
Tolletaten vil prioritere å digitalisere verksemda og utvikle eit nytt hovudløp for næringslivet for innførsel av varer. Det pågåande ANPR-prosjektet og prosjekta digitalisering av kontrollområdet i etaten og ekspressfortolling, er viktige for å lukkast med dette. Etaten må i større grad nytte IKT som verkemiddel for å gjere det enklare for reisande og næringslivet, samt å effektivisere interne prosessar.
Tolletaten har omorganisert verksemda si. Dei seks regionane er erstatta av to landsdekkjande fagdivisjonar for operativ verksemd. Den nye organiseringa er viktig for at etaten skal kunne tilpasse seg endringar i varestraumane og utvikle seg vidare med tanke på automatisering, digitalisering, innretning av det operative kontrollarbeidet og effektivisering av prosessar i tråd med dei måla og samfunnseffektane etaten skal oppnå. Tolletaten må halde fram med å tilpasse organiseringa si til tida og tilhøva.
Også kompetanse er viktig for utvikling av etaten. Etatsutdanninga vert evaluert, mellom anna med ei vurdering av om dagens utdanning dekkjer dei framtidige utfordringane og behova til Tolletaten, og kva for nokre moglegheiter dei tilsette har for utvikling. At Tolletaten har rett kompetanse vil vere svært viktig for utviklinga av etaten.
Statlege verksemder skal etablere internkontroll, tilpassa risiko og kva som er vesentleg. I tillegg set den nye personvernforordninga (GDPR) nye krav til internkontrollen i etaten, mellom anna til innsamling og bruk av personopplysningar. Tolletaten har identifisert område der etaten må forbetre den interne styringa og kontrollen. Mellom anna har intern kartlegging avdekt store avvik på personvernområdet. Dette gjeld mellom anna fleire avvik knytt til løysinga med skiltattkjenning (ANPR). Datatilsynet har her gjort vedtak om brotsgebyr. Etaten har oppretta eit omfattande personvernprosjekt som har identifisert eit breitt sett av tiltak som vert sette i verk fortlaupande. Treff-satsinga gjer òg at etaten må ha eit godt system for personvern og informasjonstryggleik. Tida framover vil difor òg verte prega av arbeidet med å utvikle og etablere ein betre intern kontroll.
Mål og prioriteringar i 2020
Finansdepartementet fastsett desse hovudmåla for Tolletaten for 2020:
Det er enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar for grensekryssande vareførsel.
Aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved å ikkje etterleve som høg.
Tolletaten støttar opp under verksemda til andre myndigheiter.
Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Tolletaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemedela etaten brukar. Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Tolletaten i samband med utforminga av tildelingsbrevet frå departementet til etaten for 2020. Resultata i 2020 skal jamt over vere like gode som resultata i 2018, jf. rapportomtala ovanfor.
Det er ikkje realistisk at Tolletaten kan stoppe all ulovleg inn- og utførsel av varer. Vidare vil òg etatens kontrollverksemd alltid innebere ei viss hindring for vareførselen, sjølv om etaten gjer det enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar.
Tolletaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Heilt feilfri oppgåveløysing er ikkje eit realistisk mål. Etaten må nytte kontrollressursane på best mogleg måte og prioritere på grunnlag av risikovurderingar. Departementet forventar at etaten prioriterer betre utnytting av teknologi, og at etaten sørgjer for rett kompetanse til dei ulike oppgåvene etaten skal løyse.
Tolletaten er inne i ein periode med omprioriteringar, endring og utvikling. Mellom anna har etaten i 2019 endra organisering frå seks regionar til to fagdivisjonar med nasjonal oppgåveløysing, og den vurderer ny modell for etatsutdanning og arbeider med å digitalisere og automatisere kontrollområdet. Av røynsle er det risiko for at ein slik periode kan påverke oppgåveløysinga negativt. På den andre sida vil satsinga på styrkt grensekontroll og arbeidet Tolletaten gjer for å effektivisere og utvikle, kunne gje positive effektar. Samla sett er det likevel ein viss risiko for at einskilde resultat i 2020 og dei neste åra kan verte noko svakare enn tidlegare år.
Viktige prioriteringar i 2020 vert:
Elektronisk nærvær ved alle landevegs grenseovergangar
Tolletaten starta i 2016 utbygging av elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR) på alle landevegs grenseovergangar og ferjeleie med utanlandstrafikk. Dette arbeidet har vorte forseinka med eit år grunna konkurs hos utstyrsleverandør i 2017. I 2018 vart det inngått avtale med ein ny utstyrsleverandør. Løysinga frå den nye leverandøren vart teken i bruk fyrste halvår 2019. Fram mot utgangen av 2020 vil etaten fortlaupande byggje ut ordninga til fleire landevegs grenseovergangar og ferjeleie med utanlandstrafikk. Det vil verte oppretta elektronisk skiltattkjenning for både inn- og utgåande trafikk.
Digitalisert systemstøtte på kontrollområdet og ekspressfortolling
I 2019 samla Tolletaten prosjektet for å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og prosjektet for ekspressfortolling i ei satsing – Treff-satsinga. Sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019). Satsinga inneber å etablere både ny og forbetra systemstønad for oppgåver i alle ledd av Tolletatens kontrollprosessar og ei ny løysing for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling).
Treff-satsinga var planlagt gjennomført i perioden 2019 til 2022 med ei samla kostnadsramme på 530,3 mill. kroner. Tolletaten reknar med å kunne dekkje 75,5 mill. kroner av desse kostnadane med gjeldande løyvingsnivå. Satsinga er noko forseinka. Delar av løysinga som etter planen skulle vorte levert i 2019, vil verte utvikla seinare i prosjektet. Prosjektet er planlagt på ny med avslutting i løpet av 2023 og innafor gjeldande kostnadsramme.
I prosjektet for ekspressfortolling er det gjennomført eit pilotprosjekt for ekspressfortolling ved Ørje tollstad. Piloten vert evaluert i 2019–2020. Prosjektet for ekpressfortolling vert i 2020 utvida til nye tollstader, mellom anna Svinesund, og vidareutvikla med fleire tollprosedyrar.
I prosjektet for digitalisert systemstøtte på kontrollområdet vert det òg utvikla nye analyse- og etterretningsverktøy for støtte til alle kontrollprosessar i Tolletaten. Desse er delvis teke i bruk i etaten og baserer seg mellom anna på opplysningar innhenta frå kurérmanifest. Verktøya i etterretningsløysinga vil verte vidareutvikla og teke gradvis i bruk gjennom heile prosjektperioden. I 2020 vil prosjektet mellom anna levere ei mottaksløysing for å få informasjon frå næringslivet elektronisk (felleskomponent med ekspressfortolling). Søkje- og analysefunksjonar i etterretningsløysinga vil òg verte vidareutvikla. Den nye systemstøtta vil erstatte eksisterande etterretnings- og kunderegister.
For 2020 er det sett av 156,3 mill. kroner til prosjektet.
Framlegg til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift
Det har i 2017 og 2018 vorte arbeidd med endringar i tollova. Det overordna målet med dette arbeidet har vore å få eit oppdatert lovverk som er tilpassa ansvarsområdet til Tolletaten, både ved å synleggjere oppgåvene til etaten og å klargjere og forankre i lova at etaten òg utfører oppgåver for andre myndigheiter. Tolletaten har vorte involvert i arbeidet med å gjennomgå tollova og har gjort framlegg om endringar i regelverket.
Finansdepartementet sende 6. mai 2019 framlegg til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift på høyring. Dei nye lovene skal erstatte tollova. Tolletaten vil verte involvert i arbeidet med oppfølging av høyringa. Etaten skal òg utarbeide forskrifter til dei to nye lovene.
Budsjett for 2020
Departementet foreslår å setje utgiftsramma for Tolletaten til 1 765 mill. kroner. Dette er 9,4 pst. høgare enn Saldert budsjett 2019. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 552,2 mill. kroner. Det er ein auke på 1,9 pst. frå Saldert budsjett 2019.
Tolletaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen som det her er mellom utgifter og inntekter, vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1610 Tolletaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak XI.2.
Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, postane 01 Særskilt vederlag for tolltenester, 04 Ymse refusjonar og 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. nærare omtale nedanfor.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp av utstyr til grensekontrollen og IT-føremål. Posten er budsjettert med 212,8 mill. kroner. Det er 122,6 mill. kroner høgare enn Saldert budsjett 2019. Ein stor del av 2020-framlegget gjeld vidareføring av prosjekt for digitalisert systemstøtte på kontrollområdet og ekspressfortolling, jf. nærare omtale foran.
I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Kap. 4610 Tolletaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 7 527 | 7 000 | 7 200 |
02 | Andre inntekter | 2 076 | 2 000 | 2 100 |
04 | Ymse refusjonar | 2 566 | 1 100 | 1 100 |
05 | Refusjon frå Avinor AS | 25 891 | 25 200 | 25 200 |
85 | Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot | 20 862 | 17 000 | 23 000 |
Sum kap. 4610 | 58 922 | 52 300 | 58 600 |
Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester
Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for tollforretning utført utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkje dei meirkostnadane som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Satsane for privatrekvirert tollbehandling skal i 2020 vere 445 kroner for 50 pst. overtid og 600 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal vere på 215 kroner per påbyrja halvtime. Gebyrheimel er tollova § 4–3 tredje ledd.
Post 02 Andre inntekter
Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes inntekter frå auksjonssal av varer som er forsøkt smugla inn i landet eller varer på tollager som ikkje har vorte tollbehandla, innkravde sakskostnadar og agio. Desse inntektene vert truleg om lag dei same i 2020 som i 2019.
Tolletaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes tepper og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet foreslår departementet at slike direkte utgifter kan trekkjast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. framlegg til romartalsvedtak XI.1.
Post 04 Ymse refusjonar
Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av, og av same slag som, den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna bestemte prosjekt etter oppdrag og med tilskot frå andre statlege etatar, kompetansetiltak m.m. og inntekter frå kursverksemd for næringslivet.
Det er nær samanheng mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 05 Refusjon frå Avinor AS
Ordninga med enklare prosedyrar ved flybytte på Oslo lufthamn (forenkla transfer) har vorte evaluert, og det er vedteke at gjeldande ordning skal vidareførast. Avinor AS skal dekkje Tolletatens meirkostnadar i samband med ordninga. Med dette held ein fram med same praksis som under prøveprosjektet for ordninga. Refusjonar frå Avinor AS vert førte på denne posten. Fordi meirkostnadane og dermed òg refusjonsbeløp er noko usikre, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 85 Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot
Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta, gebyr for brot på nærare angjeve føresegner i tollova kapittel 3 og 4 og tvangsmulkt for brot på nærare angjeve føresegner i tollova kapittel 13.
Valuta og andre betalingsmiddel med ein verdi på meir enn 25 000 kroner skal meldast og leggjast fram for Tolletaten ved inn- og utførsel i samsvar med tollova med forskrift. Når det er konstatert brot på deklareringsplikta, kan det ileggjast eit gebyr, eventuelt kan tilhøvet meldast til politiet. Gebyret kan utgjere opp til 30 pst. av det ikkje-deklarerte beløpet.
Ved brot på nærare angjeve føresegn i tollova kapittel 3 og 4, for manglande medverknad til kontroll og utskriving av uriktig opphavsbevis m.m., kan det ileggjast eit gebyr. Ramma for gebyret er regulert i forskrift.
Ved brot på nærare angjeve føresegn i tollova kapittel 13, om krav til å gje opplysningar m.m., kan det ileggjast ei dagleg, laupande tvangsmulkt fram til opplysningane vert gjevne.
Inntektene på post 85 er vanskelege å budsjettere sidan dei i stor mon avheng av åtferda hos reisande og transportørarer.
Kap. 1618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 5 882 428 | 6 062 100 | 6 716 700 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 204 876 | 205 900 | 212 500 |
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 441 627 | 472 800 | 247 100 |
23 | Spesielle driftsutgifter, a-ordninga | 88 920 | 88 100 | 94 300 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 87 058 | 115 000 | 111 100 |
70 | Tilskot | 3 500 | 3 500 | 5 500 |
Sum kap. 1618 | 6 708 409 | 6 947 400 | 7 387 200 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Skatteetaten skal sikre eit finansielt hovudgrunnlag for offentleg verksemd.
Skatteetaten vart omorganisert frå 1. januar 2019 og består av eit direktorat og seks divisjonar med landsdekkjande ansvar for kvar sine fagområde. Etaten hadde per 31. desember 2018 ei bemanning tilsvarande 6 151 årsverk.
Skatteetaten fekk 4. oktober 2016 fullmakt frå departementet til å gå over til ein ny kontorstruktur med 57 skattekontor. Den nye kontorstrukturen vert innført gradvis og innan 31. desember 2019. Skatteetaten hadde 80 skattekontor per 31. desember 2018.
Skatteoppkrevjarane høyrer administrativt til kommunane, men er underlagt fagleg instruksjon frå Finansdepartementet og Skatteetaten når det gjeld kontroll av arbeidsgjevarane, føring av skatterekneskapen og innkrevjing av skatt og folketrygdavgifter. Skatteetaten har ansvaret for statens kontroll av skatteoppkrevjarfunksjonen, medan Riksrevisjonen utfører revisjonen. Regjeringa gjer framlegg om at skatteoppkrevjarfunksjonen 1. juni 2020 vert overført frå kommunane til Skatteetaten. Sjå nærare omtale nedanfor under Mål og prioriteringar i 2020 og i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.
Resultat i 2018
Fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter er krevjande prosessar. Desse prosessane byggjer på prinsippet om eigenfastsetjing og føreset omfattande bruk av tredjepartsopplysningar, registerinformasjon av god kvalitet, velfungerande og effektive IT-system og god dialog med dei skattepliktige. Figuren under gjev ei forenkla framstilling av denne prosessen.
Skatteetatens resultat vert vurderte ut ifrå tre hovudmål. Desse hovudmåla var nye i 2018. Dei nye hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Skatteetaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten bruker og i mindre grad på aktivitetar.
Hovudmål 1: Dei skatte- og avgiftspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane
Dei skatte- og avgiftspliktige skal oppleve at ordningane til etaten legg til rette for enkel og riktig registrering, rapportering og innbetaling. Skatteetaten skal likebehandle dei skattepliktige og avdekkje og korrigere uriktige og manglande opplysningar.
Skatteetaten bidrog til eit proveny på til saman 1 361,1 mrd. kroner frå direkte og indirekte skattar i 2018. Det var 206,1 mrd. kroner meir enn i 2017. Tabell 5.3 syner fastsett proveny for dei viktigaste skatteartane. Nærare omtale finst i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.
Tabell 5.3 Skatte- og avgiftsproveny (mrd. kroner)
2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|
Personleg skattepliktige | 493,0 | 449,5 | 573,3 |
Upersonleg skattepliktige | 70,2 | 84,9 | 79,2 |
Meirverdiavgift1 | 266,5 | 267,7 | 295,0 |
Særavgift | 94,4 | 95,4 | 95,7 |
Kjeldeskatt2 | 3,4 | 4,8 | |
Tvangsmulkt (skatt) | 0,7 | 0,5 | |
Skatt og avgift på utvinning av petroleum | 14,6 | 86,8 | 139,2 |
Avgift på arv og gåver | 0,2 | 0,0 | 0,0 |
Arbeidsgjevaravgift | 161,4 | 166,6 | 173,4 |
Totalt skatte- og avgiftsproveny | 1 100,3 | 1 155,0 | 1 361,1 |
1 Beløpa omfattar òg meirverdiavgift som er rapportert til og fastsett av Tolletaten.
2 Artistskatt og kjeldeskatt på utbyte til utanlandske aksjonærar m.m.
Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har i 2018 vore gjennomførte med tilfredsstillande kvalitet og utan vesentlege avvik. Kvaliteten på tredjepartsopplysningane, som er grunnlag for både skattekort og den førehandsutfylte skattemeldinga, har vore god.
Analysar av etterleving
Skatteetaten gjer stadig analysar av etterlevinga hos dei skattepliktige og utviklinga over tid. Etaten evaluerer òg bruken av verkemiddel. For 2018 er det særleg gjort slike analysar på områda arbeidslivskriminalitet, skjult inntekt og formue i utlandet og rettidig innlevering og betaling.
Skatteetaten har vurdert utviklinga i arbeidslivskriminalitet og evaluert kontrollarbeidet mot kriminelle bakmenn, tiltak for å få oppdragsgjevarar og forbrukarar til å velje seriøse aktørar og eit tiltak som gjeld personleg rettleiing av utanlandske næringsdrivande. Analysar av samanhengar mellom verkemiddelbruk og endringar i etterlevinga, er metodisk krevjande. Dei nemnde analysane peiker likevel i retning av at Skatteetatens aktivitetar og verkemiddelbruk har effekt på etterlevinga. Forhold og endringar som Skatteetaten ikkje rår over, til dømes konjunktursvingningar, gjer likevel at desse effektane er usikre. For å motverke arbeidslivskriminalitet er samarbeid mellom offentlege etatar viktig.
Talet på skattepliktige med utanlandsforhold aukar. Det er venta at dette vil auke ytterlegare som følgje av auka internasjonal konkurranse i finansnæringa. Skatteetaten har no eit vesentleg betre informasjonstilfang om slike forhold enn tidlegare som følgje av CRS (Common Reporting Standard) og FATCA (Foreign Account Tax Compliance Act). I 2017 vart det aktivt informert om at skattepliktige med tidlegare skjulte verdiar i utlandet fekk anledning til å rette tidlegare unndragingar. Desse aktivitetane førte med seg ein stor auke i frivillig retting. Forsking og Skatteetatens analysar syner at slik eigenretting har varig effekt. Eit styrkt internasjonalt samarbeid om informasjonsutveksling, lekkasjar av data og Skatteetatens evne til å nytte datamaterialet i risikobasert kontroll og oppfølging, gjer at risikoen for at unndraging vert oppdaga er vesentleg større enn tidlegare.
Skatteetaten har gjort analysar av etterlevinga av leverings- og betalingskrav for skattemelding for skatt for næringsdrivande og skattemelding for meirverdiavgift for inntektsåra 2010–2017. Analysane syner at etterlevinga av både leveringsplikta for skattemelding for skatt, skattemelding for meirverdiavgift og betaling av meirverdiavgiftskrav er styrkt i perioden etter 2010. Med den nye skatteforvaltingslova vart det frå 1. januar 2017 innført tvangsmulkt for sein levering av mellom anna desse skattemeldingstypane. Tvangsmulkt har ført til ei vesentleg betring i etterlevinga for levering av desse skattemeldingane og ein stor nedgang i talet på skjønsfastsetjingar. Delen som leverte skattemelding for skatt i tide, auka, særleg blant aksjeselskap og dei gruppene av verksemder som tidlegare hadde dårlegast etterleving. For skattemeldinga for meirverdiavgift har innføringa av tvangsmulkt ført til ein auke i delen som leverer i tide frå 89 pst. i 2015 til 92 pst. i 2017. Tala for levering av denne meldingstypen syner òg at det særleg har vore ei betring i delen som leverer i tide hos dei gruppene av verksemder som tidlegare hadde dårlegast etterleving.
Opplevd oppdagingsrisiko
Skatteetaten gjennomfører årleg ei spørjeundersøking (SERO) som mellom anna måler opplevd oppdagingsrisiko hos eit utval verksemder. Delen som opplever liten eller svært liten oppdagingsrisiko ved å ikkje rapportere alle skattar og avgifter, var 24 pst. i 2018. Dette er same resultat som i 2017, men ein nedgang på 8 prosenteiningar frå undersøkinga frå 2016.
I SERO-undersøkinga vert òg opplevd oppdagingsrisiko i ulike bransjar målt. Bygg- og anleggsbransjen er den bransjen som over tid har oppgjeve lågast risiko for å verte oppdaga. Denne bransjen har vore ei prioritert målgruppe i arbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Delen av dei spurde i bygg- og anleggsbransjen som opplevde stor eller svært stor risiko for å verte oppdaga, har auka frå 54 pst. i 2016 til 65 pst. i 2018. Departementet vil peike på at resultata frå desse undersøkingane bør vurderast over tid før ein kan trekkje klåre konklusjonar om utviklinga.
Saksbehandlingstid for klagar
Utviklinga for saksbehandlingstida for klager i Skatteetaten er ikkje tilfredsstillande. I 2018 hadde 74 pst. av sakene ei samla saksbehandlingstid på under åtte månader, noko som er langt dårlegare enn resultata i 2017. Delen inkluderer både saker der skattekontora og Skattedirektoratet behandlar og avgjer klagene, og saker der skattekontora førebur sakene før dei vert sende til Skatteklagenemnda. Saksbehandlingstida er for lang både på skattekontora og i sekretariatet til Skatteklagenemnda.
Til tross for tett oppfølging og iverksetjing av fleire tiltak, har ein ikkje klart å redusere talet på ubehandla saker i Skatteklagenemndas sekretariat vesentleg i 2018. Ein stor del av dei ubehandla sakene er over eit år gamle. Som eit tillegg til den laupande oppfølginga av restansesituasjonen frå Skattedirektoratet, har departementet bedt Oxford Research AS om å gå gjennom kva som hindrar effektiv saksbehandling og om å vurdere ytterlegare tiltak. Mellom anna på bakgrunn av rapporten, gjer departementet framlegg om å opprette eit eige budsjettkapittel for Skatteklagenemnda og å styrkje bemanninga i sekretariatet, sjå omtale under kap. 1619 Skatteklagenemnda.
Departementet vil framleis følgje opp arbeidet med å redusere saksbehandlingstida i Skatteklagenemndas sekretariat og på skattekontora.
Hovudmål 2: Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet
Det offentlege og andre brukarar har behov for registerdata og informasjon frå Skatteetaten i sitt arbeid. Skatteetaten skal ha ei effektiv og sikker innsamling, bearbeiding og tilgjengeliggjering av slik informasjon nasjonalt og internasjonalt.
Ei brukarundersøking syner at 71,6 pst. av dei profesjonelle brukarane av Folkeregisteret er nøgde med kor godt og tilgjengeleg registeret er. Det er på same nivå som dei to førre åra. Folkeregisteret var tilgjengeleg for brukarane tilnærma 100 pst. i 2018, og det var ingen alvorlege avvik. Saksbehandlingstidene for folkeregistermeldingar var vesentleg betre i 2018 enn i 2017. Årsaka til betringa er særleg at meldingane for prøving av ekteskapsvilkår og dødsfall no er digitaliserte gjennom arbeidet med å modernisere Folkeregisteret, jf. nærare omtale av denne moderniseringa under.
Skatteetaten har i samarbeid med Brønnøysundregistera, Finans Noreg og BITS AS i 2018 utvikla ei ny løysing for deling av skatteopplysningar med andre etatar, bankar og lånetakarar. Den nye løysinga legg til rette for at relevante opplysningar om inntekt og skatteoppgjer vert utleverte basert på samtykke. Brukarane har teke løysinga godt imot.
Den formelle datakvaliteten i a-ordninga er god. For 2018 har det vore færre feil enn i føregåande år. For inntektsopplysningar er datakvaliteten god. Skatteetaten har nokre utfordringar knytt til at arbeidsgjevarar rapporterer arbeidsforhold som ikkje er reelle, og med uidentifiserte a-meldingar. Sjå òg omtale av uidentifiserte a-meldingar i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.
Hovudmål 3: Samfunnet har tillit til Skatteetaten
Skatteetaten skal forvalte regelverk og tilby brukartenester for å vareta dei rettar og plikter som dei skatte- og avgiftspliktige har. Dei skatte- og opplysingspliktige skal møte profesjonell og effektiv saksbehandling, få god informasjon og oppleve at informasjonen deira vert forvalta på ein god og trygg måte.
Skatteetaten gjennomfører årlege undersøkingar retta mot privatpersonar og bedrifter for å kartleggje deira røynsler og inntrykk av Skatteetaten. Undersøkingane frå 2018 syner at ein stor del av brukarane har høg tillit til Skatteetatens utøving av myndigheit og til at deira rettar vert tekne vare på. Dei spurde har òg høg tillit til at Skatteetaten forvaltar informasjon på ein trygg måte.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet vurderer Skatteetatens resultat i 2018 samla sett som tilfredsstillande, særleg sett i lys av at etaten har vore gjennom krevjande førebuingar til ein ny organisasjonsmodell. Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har vore gjennomførte utan vesentlege problem og med tilfredsstillande kvalitet. Innlemminga av Nav innkrevjing har òg vore vellukka. Etaten har i hovudsak gode resultat på styringsparametrane. Behandlingstida for klager er framleis ikkje tilfredsstillande
Analysar og evalueringar peiker i retning av at etatens aktivitetar og bruk av verkemiddel på områda arbeidslivskriminalitet, frivillig retting og rettidig levering har effekt på etterlevinga. Det er knytt noko uvisse til desse effektane, mellom anna på grunn av eksterne forhold. Utviklinga i etterlevinga må vurderast over tid og basere seg på eit breitt spekter av data.
Brukarundersøkingar syner at brukarane av Folkeregisteret er nøgde med kvaliteten på innhaldet i registeret. Registeret er godt tilgjengeleg og hadde i 2018 ingen alvorlege avvik. Det har i 2018 vore ei vesentleg betring i saksbehandlingstida for folkeregistermeldingar, særleg som følgje av digitalisering av tenester i prosjektet Modernisert folkeregister. Departementet meiner det er positivt at effektane av dette prosjektet kjem allereie i prosjektperioden.
Brukerundersøkingar tyder på at befolkninga og verksemdene har høg tillit til Skatteetaten. Dette er ein viktig føresetnad for etterleving av skatte- og avgiftsreglane.
Finansdepartementet er nøgd med at Skatteetaten gjennom prosjekta med øyremerkja løyvingar får til omfattande IT-modernisering og forretningsutvikling med vesentlege effektar både for etaten og brukarane. Det har vore naudsynt å forlengje SOFUS-prosjektet og prosjektet for modernisering av Folkeregisteret for å realisere planlagt omfang. Departementet har høg merksemd på dette arbeidet.
Viktige utfordringar
Finansdepartementets styring av Skatteetaten har eit fleirårig perspektiv. Evna etaten har til å fylle samfunnsoppdraget og nå måla sine, avheng både av utanforliggjande forhold og dei interne prosessane og oppgåveløysinga i etaten.
Digitale plattformar skaper nye forretningsmodellar som utfordrar skatte- og avgiftssystemet. Årsaka er at modellane kan gjere det vanskeleg å avgjere kva det er som skaper verdiar, kven som skaper dei og i kva for land verdiskapinga skjer. Dette, saman med ei stadig aukande internasjonalisering, gjer det krevjande for Skatteetaten å få tilgang på grunnlagsopplysningar av god kvalitet. Opplysningar frå utlandet og frå utanlandske selskap med oppdrag i Noreg, får auka verdi.
Digitalisering i Skatteetaten er viktig både av omsyn til etterlevinga av skatte- og avgiftsreglane, forenkling for brukarane og gode arbeidsprosessar internt i etaten. Regelverksutvikling, informasjonstryggleik og personvern er sentrale delar av dette arbeidet.
Arbeidstakarar på kortidsopphald i Noreg har lita tilknyting til den norske arbeidsmarknaden og ofte låg kjennskap til dei norske skatte- og avgiftsreglane. Denne gruppa krev ofte særskild oppfølging og rettleiing i skattefastsetjingsprosessane og identitetsforvaltinga.
Regjeringa arbeider for ein effektiv offentleg sektor. Skatteetaten må sørgje for å nytte ressursane som vert tildelte, best mogleg. Etaten har dei siste åra gjennomført viktige endringar som skal gje ei endå betre og meir effektiv oppgåveløysing, mellom anna ein ny kontorstruktur og ein ny organisasjonsmodell. Regjeringa gjer framlegg om at ansvaret for skatteoppkrevjarfunksjonen vert overført frå kommunane til Skatteetaten frå 1. juni 2020. Framover er det viktig at Skatteetaten arbeider systematisk for å utnytte moglegheitene som ligg i den nye organiseringa og dei faglege synergiane mellem dei nye skatteoppkrevjingsoppgåvene og oppgåvene etaten har i dag.
Mål og prioriteringar i 2020
Finansdepartementet fastset desse hovudmåla for Skatteetaten for 2020:
Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane
Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet
Samfunnet har tillit til Skatteetaten
Underliggjande effektindikatorar, styringsparametrar og forklaringsvariablar vert fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Skatteetaten i samband med utforminga av tildelingsbrev til etaten for 2020. Departementet venter at resultata i 2020 jamt over skal vere like gode som resultata i 2018. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda til Skatteetaten.
Skatteetaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Heilt feilfri oppgåveløysing er ikkje eit realistisk mål.
Viktige prioriteringar i 2020 vert:
Tiltak mot arbeidslivskriminalitet
Regjeringa la i februar 2019 fram ein revidert strategi mot arbeidslivskriminalitet. Hovudtilnærminga i strategien er eit styrkt samarbeid med partane i arbeidslivet, meir koordinert kontroll og oppfølging frå tilsynsstyresmaktene, krav til offentlege innkjøp, kunnskap for å fremje seriøsitet, informasjon til utanlandske arbeidstakarar og internasjonalt samarbeid. I den reviderte strategien er førebygging, kunnskap og informasjon òg fremheva som viktige område. Tiltaka gjeld område under fleire departement.
Ein sentral del i strategien er betre koordinering mellom dei offentlege etatane, slik at deira sams innsats vert så slagkraftig og effektiv som mogleg. I 2020 vil arbeidet for å betre forstå og utnytte gjeldande regelverk for informasjonsutveksling mellom kontrolletatane og politiet halde fram. Politiet, Skatteetaten, Arbeidstilsynet og Arbeids- og velferdsetaten har etablert sju arbeidslivskriminalitetssenter (a-krimsenter) der desse etatane og andre offentlege styresmakter samarbeider om oppfølginga av konkrete saker. I tillegg skjer det òg eit operativt samarbeid mot arbeidslivskriminalitet fleire andre stader i landet. Regjeringa har etablert eit nasjonalt, tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES) for å styrkje innsatsen mot økonomisk kriminalitet, inklusive arbeidslivskriminalitet. Det skal gjennomførast ei evaluering av NTAES i 2020. Etatane har òg sams handlingsplanar mot arbeidslivskriminalitet og ein sams styringsmodell for a-krimsentra.
Arbeidet med meirverdiavgift
Skatteetaten må halde fram med arbeidet for eit riktig og oppdatert meirverdiavgiftsregister. Registeret er viktig for etterleving av meirverdiavgiftsreglane og for å førebyggje at meirverdiavgiftssystemet vert nytta til svindel. Etaten må òg ha høg merksemd på forvaltinga av meirverdiavgift ved innførsel. Skatteetaten må leggje vekt på arbeidet med å førebyggje og avdekkje unndragingar. God rettleiing og risikobasert kontroll er viktige reiskapar her.
Internasjonalt arbeid for å tryggje skattegrunnlaget
Skatteetaten skal aktivt nytte tilgjengelege verkemiddel i arbeidet med internprising i multinasjonale konsern og for å avdekkje skjulte inntekter og formuar i utlandet. Skatteetaten skal halde fram med å arbeide med effektive løysingar for å nytte opplysningar etaten mottek frå andre land og arbeide for å auke kvaliteten på desse opplysingane. Etaten skal òg følgje med på nye internasjonale standardar som vert utvikla, og vurdere korleis desse kan brukast i oppgåveløysinga.
Saksbehandlingstida på klagar
Det er viktig at Skatteetaten arbeider vidare med å korte ned saksbehandlingstidene på klager på skattekontora. Skatteetaten er i gong med eit arbeid for å gå igjennom alle sider ved behandlinga av klager i etaten for å kome fram til forbetringstiltak. Sjå òg omtale under kap. 1619 Skatteklagenemnda.
Betre identitetsforvalting
Fleire etatar har oppgåver som påverkar identitetsforvaltinga i Noreg. Skatteetaten har i 2018, saman med Politidirektoratet, Utlendingsdirektoratet og Difi, etablert ei rådgjevande gruppe for å koordinere deira innsats for betre identitetsforvalting i Noreg (KoID). Skatteetaten leiar gruppa, og føremålet er ei betre identitetsforvalting og meir koordinert innsats frå dei fire etatane. Gruppa vil òg samarbeide med andre sentrale aktørar som Nav, Finans Noreg, Nasjonalt ID-senter og Brønnøysundregistera. Skatteetatens innsats held fram i 2020.
Personopplysningane i Folkeregisteret vert nytta når andre instansar skal utferde dokument som pass, bankkort og førarkort. Skatteetatens arbeid for å gjere grunnlaget for registrering av ein identitet synleg i Folkeregisteret held fram i 2020. Det vil gå fram av registreringa om identiteten til personen er kontrollert eller ikkje. Slik kan brukarar av Folkeregisteret avgjere om identiteten er trygg nok for deira bruk.
For å sikre at ein person kan ha ein unik identitet registrert i Folkeregisteret, er det naudsynt å nytte informasjon om biometriske data frå register i justissektoren. Skatteetaten har etter lov om folkeregistrering høve til å registrere om ein identitet er unik. Før Skatteetaten kan registrere om ein person har unik identitet, må justissektoren sørgje for at registera deira kan utveksle informasjon om biometriske data. Etaten skal i 2020 halde fram samarbeidet med Politidirektoratet og Utlendingsdirektoratet om kopling av informasjon om biometriske data frå passregisteret og utlendingsregisteret til Folkeregisteret.
Overføring av skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten
Regjeringa gjer framlegg om at ansvaret for skatteoppkrevjarfunksjonen vert overført frå kommunane til Skatteetaten frå 1. juni 2020, jf. omtale i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020. Overføringa inneber at Skatteetaten må styrkjast med om lag 850 årsverk. Til saman skal Skatteetaten nytte 918 årsverk på skatteoppkrevjinga. Som følgje av overføringa må budsjettet til Skatteetaten styrkjast med 558,3 mill. kroner i 2020. Ramma til kommunane vert redusert med til saman 644,4 mill. kroner. Inkludert i løyvinga til Skatteetaten i 2020-budsjettet er 130 mill. kroner til å dekkje ein del av Skatteetatens eingongs meirkostnader i samband med overføringa. Meirkostnadane gjeld mellom anna eigedom, kontorutstyr og mindre tilpassing av IKT-system. Gevinsten av overføringa vert då 86,1 mill. kroner i 2020. Med heilårsverknad og utan eingongskostnader er gevinsten frå overføringa rekna til 370,1 mill. kroner årleg.
Nytt IT-system for meirverdiavgift (MEMO)
Skatteetaten har starta arbeidet med å utvikle eit nytt IT-system for meirverdiavgift. Tiltaket vil gje ei modernisert IT-plattform for mottak og behandling av skattemeldinga og anna saksbehandling knytt til meirverdiavgift. Ei meir digitalisert prosesstøtte og betre rettleiing for verksemdene vil gjere det enklare å etterleve meirverdiavgiftsreglane. Eit modernisert system vil ha tilpassa løysingar ut frå kor store verksemdene er og gjere det mogleg både for Skatteetaten og verksemdene å sjå skatte- og avgiftsforhold for verksemda samla på tvers av skatteartene. Tiltaket omfattar òg løysingar som legg til rette for automatiserte analysar og ei meir risikobasert oppfølging av dei avgiftspliktige.
Eit nytt IT-system for meirverdiavgift vil verte utvikla i perioden 2019–2023 med ei kostnadsramme på 624,8 mill. 2020-kroner. For 2020 er det sett av 95 mill. kroner til prosjektet.
Dialogbasert skattemelding (SIRIUS)
Skatteetaten utviklar ei ny dialogbasert skattemelding for formues- og inntektsskatt for næringsdrivande, lønstakarar og pensjonistar. Den nye skattemeldinga skal forenkle og forbetre prosessane for fastsetjing av skatt og redusere næringslivets kostnadar ved å etterleve statlege rapporteringskrav. Den nye skattemeldinga vil òg modernisere Skatteetatens IT-system for fastsetjing av skatt.
Prosjektet skal etter planen verte avslutta ved utgangen av 2021. Arbeidet er krevjande, og det er no venta at arbeidet vert forseinka. Representantar for næringslivet og systemleverandørar har i høyring om skattemelding for næringsdrivande på standardisert digitalt format kommentert at det er behov for at ny skattemelding for næringslivet vert lansert på eit seinare tidspunkt enn planlagt. Skatteetaten skal no gå gjennom prosjektet og vurdere om det er behov for å gjere endringar i prosjektplanane. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om vidare oppfølging av desse forholda.
Prosjektet har ei kostnadsramme på 581,2 mill. 2020-kroner. Av dette er 46,9 mill. kroner til arbeidet med tilpassingar i Statistisk sentralbyrå. For 2020 er det sett av 106,0 mill. kroner til prosjektet i Skatteetaten.
Modernisering av Folkeregisteret
Skatteetaten byrja i 2016 eit prosjekt for å modernisere Folkeregisteret. Prosjektet er eit viktig tiltak for auka digitalisering og effektivisering av offentleg sektor og ei betre identitetsforvalting. Eit modernisert folkeregister vil mellom anna gje informasjon med betre kvalitet, kortare saksbehandlingstid og nye tenester for offentlege og private verksemder. Som varsla i Prop. 1 S (2018–2019) er prosjektet forseinka. Skatteetaten vil etter ny plan ferdigstille eit modernisert Folkeregister i 2020, eit år seinare enn tidlegare planlagt. Dette påverkar ikkje kostnadsramma for prosjektet. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2016–2017).
Kostnadsramma for prosjektet er 576,9 mill. 2020-kroner. Det er for 2020 sett av 46,1 mill. kroner til modernisering av Folkeregisteret.
Budsjett for 2020
Budsjettramma for Skatteetaten er for 2020 sett til 7 387,2 mill. kroner som er 439,8 mill. kroner høgare enn i Saldert budsjett 2019. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar mellom anna lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser og kontorutstyr.
For 2020 er det gjort framlegg om å løyve 6 716,7 mill. kroner under post 01. Dette er ein nominell auke frå Saldert budsjett 2019 med 654,6 mill. kroner eller 10,8 pst. Mykje av auken, 558,3 mill. kroner, kjem av at ansvaret for skatteoppkrevjarfunksjonen vert overført frå kommunane til Skatteetaten. Forslaget inneber skjerpa krav til effektivisering og innsparingar. I forslaget ligg det spesifiserte innsparingstiltak med om lag 10 mill. kroner og dessutan ein reduksjon med 30,3 mill. kroner som følgje av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Til fråtrekk kjem òg ei overføring på 71,2 mill. kroner til kap. 1619 Skatteklagenemnda.
Skatteetaten har nokre inntekter frå sal av tenester til andre statsinstitusjonar og kommunar og ein del andre inntekter. Fordi det er uvisst kor store inntektene vil vere, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 03 Andre inntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Skatteetaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen her mellom utgifter og inntekter vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak XI.3.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til innkrevjing av meirverdiavgift, særavgifter og petroleumsskatt m.m. for Skatteetaten, og dessutan Skatteetatens del av utgifter som dei kommunale skatteoppkrevjarane har til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt og trygdeavgift. Posten omfattar òg kostnadar med tvangsforretning, tinglysing, garantistilling og innkrevjing av barnebidrag. Vidare omfattar posten sakskostnadar i rettssaker som gjeld meirverdiavgift, sakskostnadar der Oljeskattekontoret er part, særavgifter og krav gjennom Statens innkrevjingssentral. For 2020 er det gjort framlegg om å løyve 212,5 mill. kroner under post 21.
Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast
Posten omfattar løyvingar til arbeid med dialogbasert skattemelding (SIRIUS), modernisering av Folkeregisteret og eit nytt IT-system for meirverdiavgift (MEMO). Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. For 2020 er det gjort framlegg om å løyve 247,1 mill. kroner under post 22.
For desse investeringsprosjekta kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak V. Vidare ber ein om fullmakt til å nettoføre som utgiftsreduksjon refusjonar frå andre offentlege institusjonar som etaten utviklar løysingar i samarbeid med. Slik føring vil gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Sjå her framlegg til romartalsvedtak XI.4.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, a-ordninga
Etatenes fellesforvaltning tek hand om interessene til dei tre samarbeidande etatane (Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå) og til dei opplysningspliktige i den vidare forvaltinga og utviklinga av a-ordninga. For 2020 er det gjort framlegg om å løyve 94,3 mill. kroner til forvaltinga av a-ordninga.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for Skatteetatens system og infrastruktur på IKT-området, medrekna meir omfattande oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar med meir. For 2020 er det gjort framlegg om å løyve 111,1 mill. kroner under post 45.
I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Skatteetaten samarbeider med andre offentlege institusjonar om somme IT-investeringar. Eit døme er utskriftssamarbeidet med arbeids- og velferdsetaten der denne etaten betaler ein del av utgiftene til høgvolumskrivar og konvolutteringsmaskin. Nettoføring vil her gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre slike refusjonar som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, jf. framlegg til romartalsvedtak XI.5.
Post 70 Tilskot
Posten omfattar tilskot til Senter for skatteforsking ved Noregs Handelshøgskule og til Universitetet i Oslo og Universitet i Bergen sine satsingar på skatterettsfaget. For 2020 er det gjort framlegg om å løyve 5,5 mill. kroner under post 70, fordelt med 3,5 mill. kroner til Noregs Handelshøgskule, 1 mill. kroner til Universitetet i Oslo og 1 mill. kroner til Universitetet i Bergen.
Kap. 4618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 91 425 | 89 500 | 89 500 |
02 | Andre refusjonar | 48 294 | 46 100 | |
03 | Andre inntekter | 32 570 | 37 900 | 40 900 |
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 50 769 | 49 000 | 50 000 |
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 4 219 | 3 500 | 3 500 |
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 3 370 | 5 200 | 3 500 |
85 | Inngått på tapsførte lån m.m. | 241 176 | 246 500 | 250 000 |
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 374 606 | 1 430 000 | 1 400 000 |
87 | Trafikantsanksjonar | 65 746 | 70 000 | 60 000 |
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 224 098 | 262 600 | 220 000 |
89 | Gebyr for regelbrot | 5 135 | 4 000 | 5 000 |
Sum kap. 4618 | 2 141 408 | 2 244 300 | 2 122 400 |
Inntektene på kap. 4618, postane 85–88, er jamt over vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava vert ilagde av andre. Også inntektene på nokre av dei andre postane på kapitlet vert monaleg påverka av forhold utanfor etaten.
Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr
Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av Skatteetaten og dei alminnelege namsmennene, og staten sin del av dei refusjonane som skatteoppkrevjarane får inn frå debitorane, jf. kap. 1618, post 21.
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar mellom anna refusjonar for datatenester som er utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar og nokre andre refusjonar. Inntekter frå framleige av lokale og refusjonar frå samarbeidande institusjonar ved somme IT-investeringar er det ynskjeleg å føre netto, jf. nærare omtale under høvesvis post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald.
Post 05 Gebyr for utleggsforretningar
Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som Skatteetaten utfører sjølve.
Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner
Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skatteetaten.
Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar
Ved innførsel er hovudregelen at toll og avgifter skal betalast ved grensepasseringa. Etter tollkredittordninga kan godkjende importørar få kreditt slik at deklarasjonar for ein kalendermånad kan samlast og betalast den 18. i månaden etter. I månader der ein importør har brukt tollkredittordninga, vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadane som Skatteetaten har med tollkredittordninga.
Post 85 Inngått på tapsførte lån m.m.
Posten omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning og i Husbanken.
Post 86 Bøter, inndragingar m.m.
Posten omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnadar.
Post 87 Trafikantsanksjonar
Posten omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr, utferda av politiet og Statens vegvesen.
Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret
Posten omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr, ilagde av Rekneskapsregisteret.
Post 89 Gebyr for regelbrot
Posten omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast arbeidsgjevarar som ikkje kan leggje fram ei oppdatert personalliste.
Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
For å sikre og følgje opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeidet, vart det for 2019 gjeve fullmakt til å gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnadar ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner. Ved utgangen av 2018 låg det føre slike tilsegner for nærmare 4,7 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter. Vidare har skatteoppkrevjarane etter § 4-6 i skatteoppkrevjarinstruksen høve til å gje tilsegn om opp til 0,5 G til dekking av utgifter til vidare bubehandling. Tilsegna kan utvidast til opp til 1 G etter godkjenning frå Skatteetaten. Når ein skatteoppkrevjar gjev tilsegna, vert utbetalinga skuldskriven skatterekneskapen. Tilsegner frå skatteoppkrevjarane er ikkje omfatta av rapporteringa her.
Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføre eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bere risikoen for kostnadane. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjeven med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer saka privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløre brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverkar økonomisk tapping av verksemder.
Føremålet med tilsegnsordninga er å tilføre skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekking av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekking i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.
Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga i 2020 ved å gje Skattedirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnadar ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 22,5 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.
Tabell 5.4 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Tilsegner | |
Samla ansvar per 1. januar 2018 | 4 658 |
Nye tilsegner i 2018 | 2 553 |
Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i avslutta bu | -150 |
Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje-avslutta bu1 | 342 |
Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu | - 905 |
Samla ansvar per 31. desember 2018 | 6 498 |
Fullmakt til nye tilsegner i 2019 | 8 000 |
Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2020 | 8 000 |
Framlegg til samla fullmakt i 2020 for nye og gamle tilsegner | 22 498 |
1 Talet er positivt pga. ytterlegare utbetalingar i nokre ikkje-avslutta bo.
Kap. 1619 Skatteklagenemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 71 200 | ||
Sum kap. 1619 | 71 200 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Skatteklagenemnda behandlar klager som gjeld skatt og meirverdiavgift. Ordninga skal bidra til rettstryggleik for dei skattepliktige ved at klager der vedtaka ikkje vert omgjorte i fyrste instans ved skattekontora, får ei ny og uavhengig behandling.
Eit eige sekretariat førebur sakene for nemnda. Sekretariatet er lokalisert i Stavanger og hadde 30. juni 2019 43 fast tilsette. Sekretariatet er administrativt underlagt Skattedirektoratet, men er fagleg sjølvstendig. Det er lovfesta at Skatteklagenemnda og sekretariatet ikkje skal kunne instruerast i faglege spørsmål.
Regjeringa gjer framlegg om at løyvingane til Skatteklagenemnda og sekretariatet vert gjort på eit eige budsjettkapitel. Utgiftene til nemnda og sekretariatet har tidlegare vore løyva på kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter. Skatteklagenemndas sekretariat vil framleis vere administrativt underlagt Skattedirektoratet.
Bakgrunn og tiltak
Det har frå Skatteklagenemnda vart etablert 1. juli 2016 bygd seg opp vesentlege restansar av ubehandla saker i Skatteklagenemndas sekretariat. Skattedirektoratet og sekretariatet har arbeidd mykje med å setje i verk tiltak som kan minke restansane og betre saksflyten, men talet på ubehandla saker i sekretariat er framleis for høgt. Sjå òg omtale under kap. 1618.
Som eit tillegg til den ordinære oppfølginga av restansesituasjonen i sekretariatet, har departementet bedt Oxford Research AS gå gjennom kva som hindrar ei effektiv saksbehandling i sekretariatet og kva avbøtande tiltak som kan setjast i verk. I sin rapport peiker Oxford Research AS på at den nye klageordninga i seg sjølv fungerer godt og gjev ei uavhengig klagebehandling. Oxford Research AS viser til at den som klagar vert gjeven heilt eller delvis medhald i om lag ein fjerdedel av sakene, og at det dermed er ei reell overprøving av saker i nemnda. I rapporten vert det òg vist til at nemnda og sekretariatet har høg fagleg kompetanse. Oxford Research AS peiker på fleire årsaker til at det har bygd seg opp restansar. I tillegg til oppstartsproblem med å etablere ei ny nemndsordning parallelt med laupande behandling av klagesaker, har det vore utfordringar knytt til effektiv overlevering av saker frå skattekontora til sekretariatet og til saksflyten internt i sekretariatet. Det har òg vore ulike vurderingar av kva som skal vere arbeidsdelinga mellom skattekontora og sekretariatet i saksførebuinga, noko som mellom anna har ført til dobbeltarbeid. Rapporten syner òg at forholdet mellom det faglege sjølvstendet til sekretariatet og den administrative styringa frå Skattedirektoratet, har vore krevjande. Ifølge Oxford Research AS er det potensial for meir saksstyring og meir vekt på effektiv saksproduksjon i sekretariatet.
Eit eige budsjettkapitel vil gjere både føresetnadane for løyvinga til Skatteklagenemnda og resultatansvaret for sekretariatet meir tydeleg. Skatteklagenemndas sekretariat vil framleis vere administrativt underlagt Skattedirektoratet. Departementet vil vurdere nærare om det er behov for å gjere ytterlegare endringar i den organisatoriske tilknytinga for Skatteklagenemnda og sekretariatet.
I budsjettframlegget er det innarbeidd 8 mill. kroner ekstra til å styrkje bemanninga i sekretariatet for å redusere restansane.
Departementet vil òg utarbeide nærmare reglar eller retningsliner for saksbehandlingsprosessen for saker som skal til nemnda. Føremålet med dette er å få til ei meir effektiv saksbehandling, samstundes som ein tek vare på rettstryggleiken.
Rammer for fagleg sjølvstende
Som skildra over har den administrative styringa av sekretariatet vore utfordrande som følgje av at det har vore krevjande å trekkje grenser mellom sekretariatets faglege sjølvstende og dei administrative føringane som direktoratet kan gje. Departementet finn det difor føremålstenleg å gjere greie for sitt syn på kva fagleg sjølvstende for sekretariatet inneber.
Kjernen i det faglege sjølvstendet er at overordna styresmakt ikkje kan instruere organet om utfallet av enkeltsaker eller sakstypar. Verken Skattedirektoratet eller departementet kan difor gje føringar for kva slags resultat sekretariatet skal kome til i dei sakene det behandlar.
Når eit organ har ansvaret for den administrative styringa av eit anna organ, inneber det eit ansvar for organiseringa av saksbehandlinga i det andre organet. Departementet meiner at det administrative ansvaret gjer at det ansvarlege organet kan gå langt i å setje rammer for saksbehandlinga utan at det faglege sjølvstendet stenger for dette. Slike rammer kan til dømes dreie seg om tid- og ressursbruk på ulike sakstypar.
Så lenge dei administrative føringane ikkje inneber at sekretariatet vert instruert om utfallet i bestemte saker eller sakstypar, vil det faglege sjølvstendet ikkje stengje for slike føringar, sjølv om føringane i sin ytste konsekvens kan ha betyding for faglege val. Organisering av oppgåveløysinga, saksbehandlingstid og måloppnåing er eksempel på kva overordna organ kan gje føringar om.
Mål og prioriteringar i 2020
Finansdepartementet fastset følgjande hovudmål for Skatteklagenemndas sekretariat for 2020:
Saksførebuinga for Skatteklagenemnda skal vere effektiv og ha god kvalitet.
Underliggjande resultatkrav og styringsparametrar for sekretariatet vert formidla via tildelingsbrev til Skatteetaten for 2020.
Viktige prioriteringar i 2020:
Skatteklagenemndas sekretariat må i 2020 arbeide for å redusere talet på ubehandla saker vesentleg. Regjeringa har difor innarbeidd 8 mill. kroner ekstra til styrkt bemanning i sekretariatet for å redusere restansane. For å få ei meir effektiv saksbehandling, er det òg viktig at Skatteklagenemndas sekretariat går gjennom organiseringa av dei interne arbeidsprosessane og korleis fagkompetansen i sekretariatet kan verte utnytta best mogleg.
Budsjett for 2020
Budsjettramma for Skatteklagenemnda er for 2020 sett til 71,2 mill. kroner. I framlegget er innarbeidd 8 mill. kroner til styrking av bemanninga i sekretariatet. Kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, vert redusert med tilsvarande beløp.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar løn til tilsette i Skatteklagenemndas sekretariat, godtgjering til nemndsmedlemane, arbeidsgjevaravgift, pensjon og andre personalutgifter samt enkelte andre driftsutgifter. Fordi det er Skatteetaten som har inngått dagens leigeforhold og Skatteklagenemnda bruker etatens IT-system, vert utgifter til eigedom, inventar, IT-utstyr mv. framleis dekte over kap. 1618.
Programkategori 23.30 Offisiell statistikk
Utgifter under programkategori 23.30
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
1620 | Statistisk sentralbyrå | 860 986 | 866 400 | 893 700 | 3,2 |
Sum kategori 23.30 | 860 986 | 866 400 | 893 700 | 3,2 |
Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 576 189 | 593 300 | 607 900 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 244 369 | 253 100 | 259 900 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 40 428 | 20 000 | 25 900 |
Sum kap. 1620 | 860 986 | 866 400 | 893 700 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Stortinget vedtok i juni ny lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikklova). Der heiter det at Statistisk sentralbyrå (SSB) «er den sentrale myndigheten for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge» (Lovvedtak 89 (2018–2019)). Slik statistikk gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Ho bidrar til allmenn folkeopplysning, er grunnlag for analyse, forsking, planlegging og styring både for private og for styresmaktene, og legg til rette for eit opplyst offentleg ordskifte. Lova gjev SSB eit todelt samfunnsoppdrag. I tillegg til statistikk skal SSB «drive med forskning og analyse», i hovudsak retta mot regjeringa og sentralforvaltninga, Stortinget og partane i arbeidslivet.
Statistikklova slår fast at SSB er ein fagleg uavhengig institusjon som administrativt er underlagd Finansdepartementet. Slikt sjølvstende i høve til styresmakter og interessegrupper er avgjerande for den tillita og autoriteten offisiell statistikk må ha.
Den nye statistikklova vil tre i kraft i fleire steg, og departementet tek sikte på at heile lova vil gjelde frå 1. januar 2021. Den nye lova vil styrkje og tydeleggjere SSBs faglege uavhengigheit og vil òg gje SSB ei sentral rolle i å samordne og kvalitetssikre den offisielle statistikkproduksjonen på tvers av offentlege statistikkprodusentar.
Ved utgangen av 2018 hadde verksemda ein arbeidsstokk tilsvarande 760 årsverk. I tillegg utgjorde intervjuarar 33 årsverk.
Talet på tilsette i SSB er redusert frå meir enn 1 000 til om lag 850 dei seinaste 10 åra. Dei overordna krava til effektivisering og kostnadskutt krev at SSB framleis reduserer talet på tilsette.
Om lag 64 pst. av dei tilsette i 2018 arbeidde i Oslo og 36 pst. på Kongsvinger. Kongsvinger-delen er noko lågare del enn i dei føregåande åra. Det er skilnader i alder, oppgåver og kompetanse mellom staben på dei to stadane. Det har gjort at nedgangen i tilsette midlertidig vert relativt større i Kongsvinger enn i Oslo. SSB har mål om sterke kompetansemiljø både på Kongsvinger og i Oslo. SSB vurderer fleire tiltak for å sikre dette.
Med heimel i statistikklova har Finansdepartementet oppnemt representantar til styret for SSB for periodar av fire år. Styret fører tilsyn med utviklinga i offisiell statistikk og med verksemda til SSB. Styret behandlar og godkjenner strategiar, årsrapportering og budsjett etter framlegg frå administrerande direktør.
Når § 19 i ny statistikklov trer i kraft vil styret verte erstatta av eit råd. Denne endringa vil gjelde frå januar 2020, og dagens styre vil fungere ut 2019.
Statistikkrådet har vore eit rådgjevande organ for SSB og andre registereigarar og produsentar av offisiell statistikk i Noreg. Etter den nye lova vert Statistikkrådet erstatta av eit Utval for offisiell statistikk som vert oppnemnt av Finansdepartementet. Utvalet for offisiell statistikk vil få ei sentral rolle i å samordne arbeidet med offisiell statistikk, mellom anna knytt til å utarbeide forslag til program for offisiell statistikk.
SSB har òg rådgjevande utval for ei rekkje statistikkområde og kjem der i dialog med viktige brukarar av statistikken.
SSB har hovudansvaret for Noregs deltaking i internasjonalt statistisk samarbeid. Dette samarbeidet er med på å heve kvaliteten på norsk statistikk og legg til rette for å samanlikne med internasjonal statistikk. Samstundes legg det føringar på den norske statistikkproduksjonen. Den europeiske statistikklova inneheld retningsliner for å utvikle, produsere og formidle europeisk statistikk og er gjort gjeldande i norsk rett. Saman med Dei Sameinte Nasjonane (SN) sine grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, utgjer desse retningslinene eit internasjonalt rammeverk for verksemda til SSB.
Resultat i 2018
Statistikk av høg kvalitet som dekkjer viktige sider av samfunnet, er eit hovudmål for SSB. Det er sett kvantitative mål for viktige indikatorar som skal underbyggje SSBs arbeid med å levere relevant statistikk av høg kvalitet. Indikatorane er òg forankra i dei europeiske retningslinene for statistikk.
Nedanfor følgjer ein omtale av resultata for sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2018.
Aktualitet
Som mål på aktualitet i statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Den gjennomsnittlege produksjonstida for statistikkane var om lag uendra frå 2017 til 2018.
Tabell 5.5 Aktualiteten til statistikken – talet på veker frå utgangen av referanseperioden til publisering
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|
Månadsstatistikk | 3,9 | 3,5 | 3,5 | 3,6 | 3,6 |
Kvartalsstatistikk | 8,8 | 8,1 | 7,7 | 8,1 | 8,0 |
Årsstatistikk | 35,5 | 33,4 | 33,2 | 33,1 | 33,2 |
Punktleg publisering av statistikk
SSB annonserer tidspunkta for publisering i ein publiseringskalender på nettsida ssb.no. I 2018 vart 90 pst. av statistikkane publiserte på det varsla tidspunktet. Nedgangen har samanheng med ein ny og meir presis målingsmetode.
Tabell 5.6 Publisering av statistikk – del som vart publisert på varsla tidspunkt1
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|
Del av statistikkane som vart publisert på varsla tidspunkt | 87 | 91 | 97 | 95 | 90 |
1 Frå 2016 skal alle statistikkpubliseringar verte varsla i Statistikkalenderen på ssb.no seinast tre månader før publisering. Frå same året vert endringar i publiseringsdato før det står att tre månader til publiseringstida difor ikkje lenger rekna som avvik.
Svarrespons
For at statistikken skal halde høg kvalitet, er det viktig at ein så stor del av intervjuobjekta som mogleg tek del i undersøkingane. Statistikklova gjev SSB heimel til å bruke oppgåveplikt ved innsamling av data og eventuelt tvangsmulkt ved manglande levering. Svarresponsen for dei frivillige undersøkingane tok seg opp igjen, etter ein nedgang frå 2016 til 2017, medan svarresponsen for undersøkingar med oppgåveplikt er stabilt høg.
Tabell 5.7 Svarrespons i undersøkingar frå SSB. Prosent
Undersøkingar: | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 |
---|---|---|---|---|---|
Med oppgåveplikt | 94 | 95 | 94 | 96 | 96 |
Frivillige | 64 | 66 | 65 | 54 | 61 |
Oppgåvebør
Det er eit viktig mål for regjeringa å redusere oppgåvebøra til næringslivet. Tilrettelegging for elektronisk rapportering er eit viktig verktøy for å halde oppgåvebøra låg. 99 pst. av rapporteringa til SSB skjedde elektronisk i 2018. Om lag eit av ti føretak i privat sektor rapporterer til SSB i ei eller fleire undersøkingar. Som det går fram av tabellen nedanfor, har oppgåvebøra minka over tid, sjølv om større, periodevise undersøkingar kan gje store svingingar frå eit år til det neste.
Tabell 5.8 Oppgåvebør ved rapportering til SSB. Årsverk
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|
Næringslivet i alt | 82 | 74 | 61 | 81 | 75 |
Personar og offentlege institusjonar | 23 | 15 | 20 | 15 | 12 |
Statistikkpubliseringar
I 2018 vart det publisert 814 statistikkar frå SSB. Det var 47 færre enn året før, sjå tabellen nedanfor. Nedgangen kjem i stor grad av at ein har slått saman statistikkar for å gje meir heilskaplege bilete av tema.
Tabell 5.9 Statistikkpubliseringar
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
---|---|---|---|---|---|
Frigjevne statistikkar | 957 | 931 | 874 | 861 | 814 |
Samla resultatvurdering
SSBs samfunnsoppdrag er å levere statistikk, analysar og forsking av høg kvalitet, til nytte for det norske samfunnet. SSB har gjennomført oppdraget sitt på ein tilfredsstillande måte i 2018. Måloppnåinga er på nivå med føregåande år, trass i at det har vore ein periode med store omstillingar. Verksemda må like fullt arbeide vidare med å betre måloppnåinga. Særleg må ein arbeide med å betre aktualiteten på årsstatistikken.
Viktige utfordringar
Moderne demokratiske samfunn må verte understøtta av truverdig offisiell statistikk. Eit uavhengig faktagrunnlag som basis for analysar og meiningar i samfunnet, vert stadig viktigare. SSB er sentral i kampen mot falske nyheiter gjennom å levere objektiv og relevant statistikk, samt relevant forsking og analyser til nytte for å forstå Noreg. Denne oppgåva stiller krav til at SSB kontinuerleg utviklar statistikken og analysane, til høg aktualitet og ikkje minst til evna til å formidle resultat og dermed bidra til å setje premissane for offentleg debatt.
Det er naudsynt med ei heilskapleg og omfattande modernisering av statistikkproduksjonen. Eksterne krav og endringar i datagrunnlaget gjer at SSB kontinuerleg må tilpasse systema for statistikkproduksjon. I dagens produksjonssystem vert statistikkane produsert i eigne produksjonsløp, ofte med eigne system og prosessar for kvar statistikk. Endringar som kjem av endra rammevilkår, må difor verte implementerte i mange ulike system. Dette er vanskeleg å sameine med krav til reduserte kostnader, lågare oppgåvebør og krav om meir og betre statistikk. SSB må difor betre evna til å produsere statistikk og analysar på ein effektiv måte, mellom anna gjennom å automatisere og straumlineforme arbeidsprosessane. Dette arbeidet er komplisert og ressurskrevjande.
Moderniseringsprogrammet er retta mot nettopp desse behova. Programmet er omgjort til eit moderniseringsprosjekt og planlagt på nytt med mindre omfang, lågare risiko, lågare kostnadsramme og kortare tidshorisont. Samstundes har SSB testa teknologi og førebudd etablering av den moderne IT-plattforma som framtidig statistikkproduksjon skal byggjast på. Det er også utvikla ein modell for sams datalager for SSBs metadata og data.
Det er auka etterspurnad etter mikrodata frå SSB. SSB må arbeide kontinuerleg med å gjere det enklare og raskare å få tilgang til slike data, samstundes som datatryggleik og personvern skal verte høgt prioritert. Data frå SSB er vårt sams faktagrunnlag som bør kome alle til gode, gjennom at SSB produserer statistikk, forsking og analyse, samt gjennom deling av data. Enklare tilgang til mikrodata vil, i tillegg til å skape vinstar for forskarar og forvaltninga, òg kunne skape gevinst for verksemda sjølv.
Portalen microdata.no vart lansert i 2018. Portalen gjev forskarar og studentar lettare og betre tilgang til registerdata, og han frigjer òg ressursar hos SSB. Han er under stadig vidareutvikling. Fleire variable skal takast inn, og prioriteringa av variable vert i stor grad basert på etterspurnaden. SSB har også søkt Noregs forskingsråd om midlar til ei fase 2 av prosjektet, som vil opne for mange fleire variable og for å kople med eigne tredjepartsdata. Microdata.no vann i 2019 Datatilsynets pris for innarbeiding av personvern (GDPR) i ei løysing.
I samråd med departementet vil SSB utarbeide ei ny og transparent prisingsordning for arbeid med å gjere mikrodata tilgjengeleg for forskarar og forvaltninga. Ny ordning vil tre i kraft samstundes som ny lov trer i kraft 1. januar 2021.
Globalisering gjer det meir krevjande å skilje eller avgrense aktivitet i Noreg og i utlandet. Framveksten av delingsøkonomi og netthandel har konsekvensar for mellom anna grunnlaget for næringsstatistikken og utanriksrekneskapen. Stadig meir fragmenterte verdikjeder og meir kompliserte næringsstrukturar gjev òg utfordringar for tradisjonell statistikkproduksjon, både som følgje av at oppgåver vert sette ut til underleverandørar og fordi klassifiseringa i ulike næringar vert meir diffus. Vidare gjer digitalisering og stor tilgang på ukonvensjonelle data både moglegheiter og utfordringar for statistikkproduksjonen.
Mål og prioriteringar i 2020
SSBs hovudmål og oppgåver er fastsette i statistikklova § 3-1 (og ny lov §§ 6 og 19) og skal liggje til grunn for verksemda i 2020 fram til ny statistikklov vert gjeldande 1. januar 2021:
Leie Utvalet for offisiell statistikk og utarbeide eit forslag til eit nasjonalt program for offisiell statistikk
Samordne og kvalitetssikre offisiell statistikk
Utvikle statistiske metodar og nytte statistikken til analyse og forsking
Gje opplysningar til statistisk bruk for forskingsføremål og for offentleg planlegging
Ha hovudansvaret for internasjonalt statistisk samarbeid
Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og SSB i samband med utforminga av tildelingsbrevet til byrået. Resultata i 2020 skal jamt over vere minst like gode som resultata i 2018, jf. rapportomtalen ovanfor.
SSB arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. SSB skal, som ein del av arbeidet med å betre kvaliteten i oppgåveløysinga, nytte ressursane sine så effektivt som mogleg. I det daglege arbeidet er det samstundes naudsynt at verksemda veg effektivitet opp mot andre kvalitetsindikatorar.
SSB vil i 2020 utarbeide ein ny strategi for verksemda. Det må òg utarbeidast nye mål og styringsparametere for verksemda før ny lov trer i kraft.
Viktige prioriteringar i 2020
Ny statistikklov
Gjeldande statistikklov er frå 1989. Rammeverket for statistikkproduksjon har sidan endra seg mykje både nasjonalt og internasjonalt. Finansdepartementet sette difor i 2016 ned eit utval for å vurdere statistikklova.
Det har vore sentralt å få på plass eit solid rammeverk for Noregs offisielle statistikk og SSB som legg til rette for statistikkproduksjon og forsking i lang tid framover. Utvalet leverte si utgreiing i NOU 2018: 7. Regjeringa fremja ei proposisjon om ny statistikklov for Stortinget i april 2019, og Stortinget vedtok i juni 2019 ny statistikklov som i stor grad følgjer forslaget frå utvalet.
Ny lov vil tre i kraft i fleire steg. Det tas sikte på at heile lova vil ha trett i kraft 1. januar 2021.
Den nye lova gjev tydelegare styringsliner mellom departementet og verksemda. Den faglege sjølvstenda vert styrkt og knytt direkte til administrerande direktør, i samsvar med kravet i det europeiske statistikkregelverket.
Det er fleire viktige utgreiingar som ein må gjennomføre i samband med at ny statistikklov skal tre i kraft, og som vil krevje ressursar òg i SSB.
Det skal etablerast eit råd som erstattar dagens styre for SSB. Dette skal gje ei brei forankring av samfunnsoppdraget og tilsyn med verksemda på eit overordna nivå, men skal ikkje ha eigen vedtaksmyndigheit.
Det skal etablerast eit nasjonalt program for offisiell statistikk. SSB vil få ansvaret for å leie denne prosessen med hjelp frå Utvalet for offisiell statistikk og vil samstundes få eit større ansvar for samordninga av offisiell statistikk og for å sjå til at andre statistikkprodusentar etterlever kvalitetskrava til offisiell statistikk.
Den nye lova slår òg fast at SSB framleis skal drive forsking og analyse ut over det som naturleg krevst i samband med statistikkproduksjonen. Det vert utarbeidd eit eige mandat som vil gje ei tydelegare innramming av denne forskingsverksemda og som vil gjelde frå 1. januar 2020. Dette vil tydeleggjere forskingsverksemda si del av samfunnsoppdraget, og det vil òg vere eit nyttig styringsverktøy for leiinga i byrået.
Modernisering av produksjonsprosessane
Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data og nye datakjelder. Det skapar nye moglegheiter og fører til auka etterspurnad etter statistikk og analysar frå SSB.
For å møte auka krav frå brukarane, samstundes som det vert sett krav til å effektivisere verksemda, må SSB modernisere statistikkproduksjonen. På bakgrunn av SSBs mål for modernisert statistikkproduksjon byrja arbeidet i 2018 med dei fyrste, avgrensa prosjekta for å etablere ei moderne IT-plattform, gje ny datalagring og fellesløysingar for datafangst og førebu prosessforbetringar i dei statistikkproduserande avdelingane. Rutineprosessar som i dag krev mykje arbeidsinnsats, vil i større grad kunne verte erstatta gjennom å standardisere og automatisere produksjonsprosessar, samstundes som ein legg til rette for å nytte fleire nye datakjelder. I tillegg til innsparingar gjennom forenkla produksjonsprosessar, vil auka bruk av nye datakjelder med tida bidra til ei lettare oppgåvebør.
SSB har både i 2018 og i 2019 fått gjennomført eksterne kvalitetssikringar som har gjort at prosjekta er endra i omfang og gjennomføringsstrategi. Måla med moderniseringa er vurderte å vere godt grunngjevne, og i 2019 har prosjekta òg begynt å levere løysingar i tråd med planane. Det største prosjektet byggjer på dei same elementa som vert utvikla i samband med Skatteetatens prosjekt Sirius. SSB vil leggje til rette for at dei løysingane som vert utvikla her, òg kan verte nytta i annan produksjon. Departementet vil ha ei særskild oppfølging av Moderniseringsprosjektet.
SSB har greia ut om det er mogleg å nytta transaksjonsdata i produksjon av viktige statistikkar. SSB vurderar dette mellom anna i samband næringsstatistikk og med den nye forbruksundersøkinga, som er planlagd gjennomført i 2022. Førebelse konklusjonar er at ein i tillegg til å nytte transaksjonsdata, må supplere med andre kjelder for å få eit godt nok grunnlag til å lage statistikkane.
Utvikle kompetanse for framtidas SSB
Tilsette med rett kompetanse er avgjerande for at SSB skal levere gode resultat. Behovet for kompetanse endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga og etterspurnaden etter ny statistikk.
Med dei store endringane verksemda har vore gjennom, er det særleg viktig å halde på og utvikle kjernekompetansen.
Modernisering av SSBs produksjonssystem vil gje store endringar i arbeidsprosessane. SSB vil difor utvikle kompetansen slik at verksemda kan meistre endringane som moderniseringa gjev, og slik at dei tilsette har grunnlag for å meistre nye oppgåver.
Samvirke med omverda
Vidare utvikling av SSB må skje i samarbeid og dialog med brukarar, registereigarar og andre dataforvaltarar. Eit nærare samarbeid kan ytterlegare redusere oppgåvebøra for næringslivet og andre, gje registerdata med betre kvalitet og sikre tilgang til nye datakjelder. For næringslivet vil betre skjema for sjølvadministrerte undersøkingar, auka bruk av data direkte frå næringane sine eigne system og auka bruk av ukonvensjonelle datakjelder vere viktig. Samstundes vil ein òg vidareutvikle samarbeidet med eigarar av registerdata. Arbeidet skal bidra til at SSB betre kan fange opp og dekkje brukarbehov. SSB skal òg fortsetje arbeidet med å betre tenesta for utlån av mikrodata, mellom anna ved å vidareutvikle dei nye tekniske løysingane for datatilgang, lansert gjennom microdata.no.
Tema og forteljingar
Som ein viktig premissgjevar skal SSB vere til stades i offentlegheita, bidra med statistikk om heile samfunnet, sjå statistikkar i samanheng og gjere analysar av aktuelle saker. Verda vert meir komplisert, og det er viktig å nytte data frå mange fleire og nye kjelder for å belyse samanhengane. Det set krav til at SSB fangar opp og utviklar relevante statistikkområde og gode formidlingsmetodar innanfor dei ressursane verksemda disponerer.
Nyheiter frå Statistisk sentralbyrå
Offisiell statistikk skal vere til allmenn nytte, og media er ein viktig vidareformidlar av statistikk frå SSB. SSB må nytte nye og relevante formidlingskanalar og tilpasse publiseringane til nye medieforhold. Samstundes opnar utviklinga for nye former for kontakt med publikum.
SSBs verksemd og samfunnsoppdrag kan gjerast betre kjend i samfunnet gjennom å auke interessa blant unge for å nytte og forstå statistikk. SSB satsar mellom anna på å verte meir synleg og brukt i skulen, i fyrste rekkje for elevar i den vidaregåande skulen.
Produsere meir relevant og etterspurd næringsstatistikk
Næringsstatistikken må verte tilpassa nye næringsstrukturar, endra brukarbehov og nye internasjonale retningsliner. Det vil verte lagt vekt på å framstille næringsstatistikken på ein meir samanhengande måte for brukarane enn i dag. SSB vil tilby meir analyse og relevant statistikk for tenestenæringane. SSB får viktige innspel mellom anna gjennom dei rådgjevande utvala og gjennom brukarseminar. Verksemda vil fortsetje arbeidet med å kartleggje data for nye måtar å jobbe på, mellom anna delingsøkonomi og netthandel.
SSB må førebu seg på å innarbeide den komande europeiske rammeverksforordninga for næringsstatistikk som truleg vert gjort gjeldande frå 2021. Forordninga gjer nye føringar om statistikk for fleire næringar, mellom anna undervisning, helse- og sosialtenester, kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar, finanstenester og anna tenesteyting, samt for hyppigare statistikk om tenestenæringar. Tilsvarande gjeld for nye forordningar om sosialstatistikk
Forsking og analyse
SSB skal naturleg drive forsking og analyse i den grad det krevst for å kunne utvikle, utarbeide og formidle offisiell statistikk på ein god måte. Det vil stadig vere naudsynt å forske på statistiske metodar. Aukande tilfang av nye datakjelder gjer at stadig nye problemstillingar vil dukke opp.
Den nye lova slår i § 17 òg fast at SSB skal drive forsking og analyse ut over det som krevst i samband med statistikkproduksjonen. Det er lange tradisjonar for slik forsking i SSB, og dette arbeidet har saman med statistikken, lagt til rette for ei god forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga. Som varsla i Prop. 72 LS (2018–2019) vil denne delen av forskingsverksemda i SSB få eit eige mandat, fastsett av Finansdepartementet. Det vil gje tydelegare rammer og ei tydelegare forankring av denne delen av samfunnsoppdraget.
Mandatet skal vere overordna og peike ut nokre hovudoppgåver for byrået. Samstundes må det vere konkret nok til å vere retningsgjevande for verksemda og gje grunnlag for at leiinga i SSB skal kunne prioritere mellom oppdrag og vurdere om dei stør opp under samfunnsoppdraget.
Mandatet vil ta utgangspunkt i dei hovudoppgåver byrået har i dag. Dei oppgåvene som vert heilt eller delvis finansierte over grunnløyvinga i statsbudsjettet, vil her vere et naturleg utgangspunkt, i tillegg til økonomiske analysar som byrået tradisjonelt har utført for departementa, Stortinget og partane i arbeidslivet. Dette handlar i stor grad om analysar av ulike problemstillingar som gjeld korleis norsk økonomi verkar, fortrinnsvis på empirisk grunnlag. Dette er nærare omtalt i Prop. 72 LS (2018–2019), der det mellom anna står: «Statistisk sentralbyrå skal fortsatt analysere og utarbeide prognoser for befolkningsutviklingen i Norge. Byrået skal også analysere og utarbeide prognoser for norsk økonomi. (…) I analyser av norsk økonomi er blant annet arbeidsmarkedets funksjonsmåte et viktig område. Statistisk sentralbyrå skal analysere virkningen av finans- og pengepolitikken på norsk økonomi og fremskrive og vurdere bærekraften for offentlige finanser. Byrået skal analysere virkninger på mikronivå av endringer i finanspolitikken, som for eksempel hvordan endringer i skatte-, pensjons- og trygdesystemet påvirker statens inntekter, tilpasninger og fordelingseffekter for arbeidstakere og pensjonister samt analysere økonomisk atferd blant konsumenter og bedrifter. En annen viktig oppgave for byrået er å analysere utvalgte klima- og miljøvirkninger og vurdere effektiviteten av klima- og miljøpolitikken.»
På alle desse områda er det naudsynt at SSB utviklar og held ved like kompetanse og metodar og modeller som kan sikre god kvalitet på analysane.
Det skal framleis vere rom for at SSB kan ta på seg oppdrag frå tredjepart. Desse må ikkje vere i konflikt med SSBs samfunnsoppdrag.
Internasjonalt samarbeid
Det internasjonale samarbeidet på statistikkområdet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. I stor grad samsvarer slike internasjonale krav med SSBs prioriteringar.
Forordning (EC) nr. 223/2009 om europeisk statistikk gjev rammeverket for produksjon i det europeiske statistiske systemet (ESS). Noreg deltek i ESS gjennom EØS-avtala. Denne forordninga vart revidert i 2015 og vert innlema i avtalen. Mellom anna vart den uavhengige stillinga til dei nasjonale statistikkbyråa styrkt. Endringane i det europeiske statistikkregelverket gjev viktige føringar for Noreg og var ei viktig årsak til at regjeringa sette ned statistikklovutvalet. Forordninga vart i 2019 implementert i norsk lov.
Relevante statistikkrettsakter som er vedtekne av EU, vert tekne inn i vedlegg XXI om statistikk i EØS-avtala og vert deretter innarbeidd i norsk rett. I 2018 vart tolv nye rettsakter innarbeidd.
SSB overtok i 2017 leiinga i EFTAs statistikksamarbeid for to år og hadde òg leiinga i det nordiske statistikksamarbeidet i 2018.
Eit nytt regelverk for personvern, GDPR, vart innført i 2018. SSB oppfyller ikkje fullt ut krava. Ein konsentrerer arbeidet med å lukke avvika om tre hovudkrav; å klassifisere og verdsetje data, rollestyrt tilgang og logging, samt pseudonymisering som inneber å erstatte variablar som kan direkte identifisere eininga, med eit laupenummer som ikkje inneheld informasjon om eininga. Dette arbeidet er særs krevjande. Pseudonymisering er òg definert som eit krav i Moderniseringsprosjektet, og dette er teke inn i ein paragraf om informasjonstryggleik i ny statistikklov.
SSBs utviklingssamarbeid vert gjennomført i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad og er i tråd med norsk utviklingspolitikk.
Budsjett for 2020
Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til SSB for 2020 til 893,7 mill. kroner. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2020 gjer departementet framlegg om ei løyving på 607,9 mill. kroner som er 2,4 pst. meir enn Saldert budsjett 2019.
SSB framleiger ein mindre del av lokala sine. På grunn av den nære samanhengen her mellom utgifter og inntekter vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak XI.6.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. For 2020 gjer departementet framlegg om ei løyving på 259,9 mill. kroner, noko som reelt er om lag som for 2019.
Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkje utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.
SSB kan overskride løyvinga til oppdragsverksemda på kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til meirinntektene på kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter. Eventuelle unytta meirinntekter kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på post 21, jf. framlegg til romartalsvedtak II.2.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Det meste av løyvinga skal brukast til utvikling av systema for statistikkproduksjon, datatryggleik og SSBs teknologiske plattform elles.
Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
02 | Oppdragsinntekter | 229 482 | 256 100 | 265 800 |
85 | Tvangsmulkt | 14 309 | 25 000 | 15 000 |
Sum kap. 4620 | 243 791 | 281 100 | 280 800 |
Post 02 Oppdragsinntekter
Sjå omtale under kap. 1620, post 21.
Oppdragsinntektene er førte opp med 5,9 mill. kroner meir enn utgiftene på kap. 1620, post 21. Inntektene skal overstige utgiftene med meirverdiavgifta i samband med brukarfinansierte oppdrag, og som vert å belaste kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift. Desse utgiftene er vurderte til 7,7 mill. kroner. Til frådrag her kjem avtalebindingar til 1,8 mill. kroner som hindrar innrekning av premiebetaling til Statens pensjonskasse.
Post 85 Tvangsmulkt
SSB har med heimel i statistikklova høve til å ileggje tvangsmulkt. Mulktene vert utmåla som ein funksjon av rettsgebyret.
Programkategori 23.40 Andre føremål
Utgifter under programkategori 23.40, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 26 444 679 | 26 780 000 | 29 280 000 | 9,3 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 6 655 876 | 6 600 000 | 7 400 000 | 12,1 |
Sum kategori 23.40 | 33 100 555 | 33 380 000 | 36 680 000 | 9,9 |
Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 24 349 493 | 24 600 000 | 27 000 000 |
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 2 095 186 | 2 180 000 | 2 280 000 |
Sum kap. 1632 | 26 444 679 | 26 780 000 | 29 280 000 |
Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving
Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg mon skal påverke avgjerdene som kommunane tek om anten å produsera avgiftspliktige tenester med eigne tilsette eller å kjøpe dei frå private. Ordninga vart finansiert med ein reduksjon i dei frie inntektene til kommunane. Den allmenne kompensasjonsordninga kom i staden for ei avgrensa kompensasjonsordning som vart innført i 1995.
I saldert budsjett for 2019 vart det lagt til grunn ei utgift på 24 600 mill. kroner i momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar. Løyvinga vart auka til 25 400 mill. kroner ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2019.
Samla momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar i 2020 er talfesta til 27 000 mill. kroner.
Kommunane sender inn oppgåver over meirverdiavgiftskompensasjon til avgiftsstyresmaktene annankvar månad slik som i det ordinære meirverdiavgiftssystemet, men det er òg mogleg å levere årsoppgåver. Utbetalingane skjer etter kvart og innan tre veker etter innsending. Dokumentasjonskrava i samband med innsending av kompensasjonskrav er forenkla ved at krava berre skal ha stadfesting frå revisor. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar kan sendast direkte til avgiftsstyresmaktene. Det er ei minstegrense på 20 000 kroner for kompensasjonsbeløp per år for at verksemder skal kome inn under ordninga. Ordninga gjeld nokre private og ideelle verksemder òg. Det er ein eigen tilskotspost for desse, jf. post 72.
Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving
For ikkje å medverke til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunne gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal sende krav etter dei same kriteria som kommunane.
I saldert budsjett for 2019 vart det lagt til grunn ei utgift på 2 180 mill. kroner på denne posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 280 mill. kroner under denne posten for 2020.
Kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 6 655 876 | 6 600 000 | 7 400 000 |
Sum kap. 1633 | 6 655 876 | 6 600 000 | 7 400 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Med verknad frå 1. januar 2015 vart det innført ei ordning med nettoføring av meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan. Nettoføringsordninga inneber at forvaltningsorgana som er inkluderte i ordninga, ikkje vert belasta meirverdiavgift for utgifter på postane 01–49 i budsjetta og rekneskapane sine, men fører utgiftene til meirverdiavgift på eit sentralt kapittel for meirverdiavgift under Finansdepartementet (kap. 1633, post 01). Det vil vere uvisse om løyvingsbehovet til ordninga også i 2020. Regjeringa foreslår ei løyving på 7 400 mill. kroner.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programkategori 24.10 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.
Utgifter under programkategori 24.10, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 10 674 443 | 10 532 900 | 10 015 800 | -4,9 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 43 899 000 | 76 515 000 | -100,0 | |
Sum kategori 24.10 | 54 573 443 | 87 047 900 | 10 015 800 | -88,5 |
Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.
Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga er mellom anna for å fange opp behovet i marknaden for kortsiktige papir. Finansdepartementets fullmakt til å låne i marknaden vart fram til 2015 fastsett av Stortinget på grunnlag av ein årleg proposisjon om lånefullmakter. For 2020 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2019–2020) Statsbudsjettet for budsjettåret 2020 (Gul bok).
Tabell 5.10 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2018, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.
Tabell 5.10 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2018
Type lån | Beløp (mill. kr) |
---|---|
Faste innanlandske lån | 400 101 |
Statskassevekslar | 66 000 |
Kortsiktige kontolån | 57 768 |
Kontolån frå ordinære fond1 | 141 315 |
Sum | 665 184 |
1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktene.
Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
01 | Driftsutgifter | 38 101 | 43 600 | |
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 10 636 342 | 10 489 300 | 10 015 800 |
Sum kap. 1650 | 10 674 443 | 10 532 900 | 10 015 800 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten har omfatta driftsutgifter som staten har i samband med gjelds- og likviditetsforvalting. Det gjeld m.a. utgifter til informasjons- og analysesystem, utgifter som verdipapirsentralen (VPS) har i samband med behandlinga av staten sine lån, og utgifter knytte til ratingbyråa si vurdering av Noreg. Til og med 2019 dekte posten òg betaling til Noregs Bank for dei tenestene som banken yter Finansdepartementet i forvaltinga av gjelda og likviditeten til staten, og drift og forvalting av statens kontoar i Noregs Bank. Frå og med 2020 skal banken dekkje desse kostnadene over eige budsjett. Dette følgjer av den nye sentralbanklova som gjeld frå 1. januar 2020.
Dei gjenverande driftutgiftene som kom ved statsgjelda, vil heretter verte dekte over kap. 1600 Finansdepartementet, post 01 Driftsutgifter. Det blir derfor ikkje bedt om bevilgning på kap 1650, post 01, for 2020.
Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
(mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Underpostnamn | Rekneskap 20181 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
89.11 | Faste lån | 10 121 | 8 492 | 6 784 |
89.12 | Gjenkjøps- og rentebyteavtalar | -2 052 | -1 329 | -553 |
89.13 | Kontolån | 65 | 103 | 88 |
89.14 | Kontolån frå ordinære fond | 2 157 | 2 273 | 2 322 |
89.15 | Statskassevekslar | 345 | 450 | 611 |
89.17 | Nye faste lån | 501 | 764 | |
Sum kap. 1650, post 89 | 10 636 | 10 489 | 10 016 |
1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.
Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89, ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2020. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.
Underpost 89.11 Faste lån
Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2019. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet, oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på underpost 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2020 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2020.
Renteutgiftene på faste lån er anslått til 6 784 mill. kroner i 2020.
Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar
Posten omfattar dels renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten har for tida ei netto inntekt frå desse avtalane. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i rentebyteavtalane. Ettersom ein ventar framleis låge pengemarknadsrenter, reknar ein med ei nettoinntekt på denne posten på 553 mill. kroner i 2020.
Underpost 89.13 Kontolån
Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 88 mill. kroner i 2020.
Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond
Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2018 på 141,3 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). For 2020 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 2 322 mill. kroner.
Underpost 89.15 Statskassevekslar
Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.
Dei samla renteutgiftene til staten under denne underposten er anslått til 611 mill. kroner i 2020.
Underpost 89.17 Nye faste lån
Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar tekne opp etter 1. januar 2019. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under underpost 89.11. For 2020 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 764 mill. kroner.
Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
98 | Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 43 899 000 | 76 515 000 | |
Sum kap. 1651 | 43 899 000 | 76 515 000 |
Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. I 2020 er det ikkje forfall av langsiktige statsobligasjonslån, medan det er eit slikt forfall i 2021. Noregs Bank vil venteleg arrangere tilbakekjøpsauksjonar i marknaden i 2020 i lånet som forfell i 2021. Det kjøpte beløpet vert då å rekne som avdrag i 2020 og vil samstundes redusere forfallet i 2021. Det er ikkje mogleg å gje gode overslag for omfanget av tilbakekjøp, og slike er difor ikkje teke omsyn til i budsjettforslaget. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med overslag her, sidan dette kan gje staten mindre handlefridom i marknaden.
Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.
Utgifter under programkategori 24.20, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 | Pst. endr. 19/20 |
1670 | Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken | 10 000 | |||
Sum kategori 24.20 | 10 000 |
Kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
50 | Tapsfond for miljølåneordninga | 10 000 | ||
Sum kap. 1670 | 10 000 |
Den nordiske investeringsbanken (NIB)
Den nordiske investeringsbanken (NIB) vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemar av banken. NIB har hovudkontor i Helsingfors i Finland.
Låne- og garantiordningane i NIB
Hovudtyngda av verksemda til banken er vanlege investeringsutlån og garantiar. Dei vanlege utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken. Utanom vanlege utlån og garantiar yter banken lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljøinvesteringslån i nærområda til medlemslanda (MIL).
Grunnkapitalen
Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Den norske kapitalen utgjer 21,5 prosent av den samla kapitalen i NIB. Noregs innbetalte kapital er 90 019 510 euro, medan garantikapitalen er 1 230 785 695 euro.
Prosjektinvesteringslån (PIL)
Gjennom PIL gjev banken lån til finansiering av prosjekt i land utanfor Norden og Baltikum med relativt god betalingsevne.
Utlånsramma for prosjektlåneordninga (PIL) er 4 000 mill. euro. Garantiansvaret til medlemslanda er avgrensa til 90 pst. av kredittrisikoen ved kvart lån innanfor eit samla beløp på 1 800 mill. euro. Styret i NIB har vedteke at banken skal dekkje eventuelle tap under PIL opp til ein viss sum som er avsett i eit eige fond. Fondet er bygd opp gradvis. I tillegg har Noreg ved løyvingar over statsbudsjettet i åra 1999–2001 sett av 16 mill. kroner til tapsfond for PIL.
Garantiansvaret i PIL for Noreg er om lag 387,1 mill. euro.
Miljøinvesteringslån (MIL)
Gjennom MIL gjev NIB lån til miljøprosjekt i nærområda i Aust-Europa. Føremålet er å minke miljøbøra som nærområda skaper for medlemslanda. Ordninga vert garantert 100 pst. av medlemslanda. I åra 1999–2000 og 2002–2004 vart det løyvt til saman 45 mill. kroner til eit tapsfond for denne låneordninga.
På grunn av innløysinga av garantiansvar under ordninga i 2014–2016 vart det på kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 50 Tapsfond for miljølåneordninga, løyvd 20 mill. kroner til tapsfondet i 2015, 2016 og 2017, og 10 mill. kroner i 2018. Med dette auka tapsfondet opp til målet om 10 pst. av ansvaret. For 2019 vart det difor ikkje gjort framlegg om ytterlegare oppbygging av fondet. Slikt framlegg vert heller ikkje gjort for 2020.
Garantiansvaret i MIL for Noreg er vel 57,2 mill. euro.
Statuttendringar og konsekvensar for budsjettet for 2020
Årsmøtet i NIB vedtok i juni 2019 samrøystes ein del statuttendringar. Frå norsk side røysta finansministeren.
Endeleg avklaring av den vidare formelle handsaminga vert no drøfta mellom utanriksdepartementa i medlemskrinsen. Det er anteke at endringane kan tre i kraft seinast i fyrste kvartal 2020.
Dei viktigaste endringane gjeld følgjande:
Overgang til meir risikobasert styring i tråd med tilrådingane frå den såkalla Basel-komiteen for banktilsyn (ei internasjonal nemnd som utarbeider standardar på bankområdet) og kapitaldekningsregelverket i EØS om risikobasert vurdering og styring.
Garantiordningane MIL og PIL vert nedlagde. Sjå nærare omtale nedanfor.
Klargjering av kontrollkomiteen sitt ansvar og tilrettelegging for å gjera kontrollen med banken meir profesjonell.
Samstundes med dei andre endringane i statuttane vert det opna for investeringar i eigenkapital. I fyrste omgang skal storleiken på slike investeringar maksimalt utgjere opp til 5 pst. av innbetalt grunnkapital. Seinare kan dette aukast til maksimalt 15 pst. av innbetalt kapital. Det er vidare sett stramme rammer for bruken av dette verkemedelet, mellom anna at kvar einskild investering samrøystes skal godkjennast av styret.
Ettersom det ikkje er avklart om statuttendringane kan tre i kraft i 2019, kan ikkje Finansdepartementet foreslå at garantiansvaret for MIL og PIL fell bort før statuttendringane er godkjende av alle medlemslanda. I budsjettet for 2020 er det difor naudsynt å foreslå dei same grensene for garantiansvar for MIL og PIL som for 2019. Det vil samstundes vere naudsynt å foreslå ein høgare grunnkapitalgaranti, men der forhøginga ikkje vil vere reell før statuttendringane er sette i verk.
Det er i dag samla sette av 427 mill. euro i kredittrisikofondet for PIL og gjeve ein garanti til PIL på 1 800 mill. euro. Desse beløpa vil verte konverterte til høvesvis innbetalt grunnkapital og garantiansvar i banken når PIL-ordninga vert avslutta. For Noreg svarer beløpa til 91,8 mill. euro i innbetalt grunnkapital og 387,1 mill. euro i garantiansvar.
Tilsvarande vert ikkje gjort for MIL-ordninga der det ikkje er sett av midlar til eit kredittrisikofond, samstundes som den stilte garantien for MIL fell bort.
I tråd med ovannemnde tilrår departementet at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2020 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 617 872 454,48 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.1.
Vidare tilrår Finansdepartementet at Stortinget for 2020 gjev departementet fullmakt til å gje garantiar for lån frå NIB i samband med PIL-ordninga innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 387 086 761 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.2.
Finansdepartementet tilrår òg at Stortinget for 2020 gjev departementet fullmakt til å gje garantiar for lån frå NIB under MIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 57 243 888 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.3.
Som konsekvens av at MIL- og PIL-garantiordningane vert nedlagde, kan avsetjingar til risikofond som vart gjorde i tidlegare år, no verte tekne til inntekt – sjå kap. 4670 nedanfor.
I tabellen nedanfor er det gjeve ei samla oversikt over garantiordningane for Den nordiske investeringsbanken.
Tabell 5.11 Garantiordningar for Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Utbetalt pga. tap i 2018 | Samla garantiansvar 31.12.20181 | Samla fullmakt i 2019 for nye og gamle garantiar2 | Samla fullmakt i 2020 for nye og gamle garantiar2 | |
1. Grunnkapital fråtrekt innbetalt kapital | - | 12 244 226 | 12 051 239 | 15 841 399 |
2. Prosjektinvesteringslån | - | 3 850 856 | 3 790 161 | 3 790 160 |
3. Miljøinvesteringslån | - | 569 479 480 | 560 504 | 560 504 |
Sum garantiar under Finansdepartementet | - | 16 664 562 | 16 401 904 | 20 192 063 |
1 Omrekna frå euro 31. desember 2018 (kurs 9,9483)
2 Omrekna frå euro 31. mai 2019 (kurs 9,7915)
Kap. 4670 Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
50 | Tilbakeføring av tapsfondsmidler | 70 237 | ||
Sum kap. 4670 | 70 237 |
Sjå omtale ovanfor om låne- og garantiordningane i Den nordiske investeringsbanken.
I åra 1999–2000, 2002–2004 og 2015–2018 vart det gjeve løyvingar over kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 50 Tapsfond for miljølåneordninga. Desse avsetningane står i statsrekneskapen som ein skyldnad på 54 237 424,33 kroner på deposita- og avsetningskonto 844016 Avsetninger, garantier mv. tapsfond i Den nordiske investeringsbanken. I åra 1999–2001 vart det gjeve løyvingar over kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 51 Tapsfond for prosjektlåneordninga. Desse avsetjingane står i statsrekneskapen som ein skyldnad på 16 mill. kroner på deposita- og avsetjingskonto 840016 Deposita og avsetninger under Finansdepartementet. Sidan garantiordninga for både miljø- og prosjektlåneordningane skal falle bort, kan desse avsetjingane no takast til inntekt med til saman 70 237 000 kroner. Posteringa kan ikkje gjerast føre statuttendringane som er omtalte ovanfor, er endeleg vedtekne.
Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
91 | Vanlege fordringar | 5 676 | ||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 485 | 500 | 500 |
98 | Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar | 28 000 000 | 8 000 000 | |
Sum kap. 5341 | 28 006 161 | 8 000 500 | 500 |
Post 91 Vanlege fordringar
På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.
Post 95 Avdrag på lån til andre statar
Posten gjeld avdrag på eit lån som vart gjeve til Jugoslavia i 1983. Den delen av lånet som står att, vert no betalt av Serbia og Montenegro. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) frå Finansdepartementet.
Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar
Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. I 2020 er det ikkje forfall av langsiktige statsobligasjonslån.
Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
85 | Overføring | 14 332 630 | 12 000 000 | 13 900 000 |
Sum kap. 5351 | 14 332 630 | 12 000 000 | 13 900 000 |
Etter retningslinene for Noregs Banks årsoppgjersdisposisjonar, fastsette ved kgl. res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til bankens kursreguleringsfond inntil fondet utgjer ein bestemt del av dei innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for banken. Eventuelt overskot etter avsetjingar til kursreguleringsfondet skal setjas av i eit overføringsfond. Ved kvart årsoppgjer skal eit beløp svarande til ein tredel av inneståande beløp i overføringsfondet overførast til statskassa.
Basert på vurderingar av risikoen for svingingar i resultatet til Noregs Bank i åra framover, er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av bankens netto internasjonale fordringar og 5 pst. av bankens behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Kursreguleringsfondet var i fleire år lågare enn minstekravet i retningslinene, og det vart difor ikkje sett av midlar til overføringsfondet. Dette har endra seg dei siste åra. I 2018 vart det overført 14,3 mrd. kroner til statskassa, medan det i 2019 vart overført 14,8 mrd. kroner. Ein reknar med at det vil vere grunnlag for overføringar til staten i 2020 på 13,9 mrd. kroner. Endeleg beløp vert fastlagt ved Noregs Banks avslutning av rekneskapen for 2019.
Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
80 | Av statskassas foliokonto i Noregs Bank | 1 637 171 | 2 158 000 | 917 400 |
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 92 | 200 | 200 |
82 | Av innanlandske verdipapir | 2 451 994 | 1 307 700 | 915 300 |
83 | Av alminnelege fordringar | 62 872 | 25 000 | 25 000 |
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 38 607 | 54 900 | 293 700 |
86 | Renter av lån til andre statar | 72 | 100 | 100 |
Sum kap. 5605 | 4 190 808 | 3 545 900 | 2 151 700 |
Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank
Ved utgangen av 2018 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 188 mrd. kroner, mot 162 mrd. kroner ved utgangen av 2017.
Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.
Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav. For 2020 er dei samla renteinntektene under denne posten rekna til 917,4 mill. kroner.
Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta
Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2020 er renteinntektene under denne posten rekna til 0,2 mill. kroner.
Post 82 Av innanlandske verdipapir
Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.
For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 89. For 2020 er renteinntektene under denne posten rekna til 915,3 mill. kroner.
Post 83 Av alminnelege fordringar
Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav.
Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseie. På usikkert grunnlag er det for 2020 ført opp inntekter på 25 mill. kroner.
Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder
Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betale renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.
I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i statskassa, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.
For 2020 er renteinntektene under denne posten rekna til 293,7 mill. kroner.
Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
85 | Utbyte | 112 014 | 112 700 | 84 200 |
Sum kap. 5692 | 112 014 | 112 700 | 84 200 |
Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbyte vert vedteken av styret i banken på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For 2018 har banken i 2019 betalt utbyte til den norske stat med vel 8,6 mill. euro eller vel 83,8 mill. kroner.
Basert på same utbyte i 2020 som i 2019 og eurokursen per 31. mai 2019, gjer departementet framlegg om for 2020 å føre opp eit utbyte på 84,2 mill. kroner.
Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2018 | Saldert budsjett 2019 | Forslag 2020 |
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 587 | 600 | 900 |
Sum kap. 5693 | 587 | 600 | 900 |
Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2019 fastsett eit utbytekrav på 863 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2020 er det difor budsjettert med eit utbyte på 0,9 mill. kroner.