Forslag
Under Finansdepartementet vert i Prop. 1 S (2019–2020) statsbudsjettet for budsjettåret 2020 dei forslag til vedtak som følgjer førde opp:
Kapitla 20–51, 1600–1650, 3021–3051, 4600–4670, 5341, 5351, 5605, 5692–5693
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | ||||
01 | Driftsutgifter | 123 500 000 | 123 500 000 | ||
21 | Statsrådet | ||||
01 | Driftsutgifter | 207 800 000 | 207 800 000 | ||
24 | Regjeringsadvokaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 108 100 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 14 400 000 | 122 500 000 | ||
Sum Regjeringa | 453 800 000 | ||||
Stortinget og tilknytte organ | |||||
41 | Stortinget | ||||
01 | Driftsutgifter | 973 300 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 3 600 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 139 600 000 | |||
50 | Sannings- og forsoningskommisjonen | 10 000 000 | |||
70 | Tilskot til partigruppene | 197 000 000 | |||
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek | 1 500 000 | |||
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 15 500 000 | |||
74 | Reisetilskot til skular | 5 300 000 | 1 345 800 000 | ||
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | ||||
01 | Driftsutgifter | 7 500 000 | 7 500 000 | ||
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | ||||
01 | Driftsutgifter | 91 100 000 | 91 100 000 | ||
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | ||||
01 | Driftsutgifter | 26 000 000 | 26 000 000 | ||
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | ||||
01 | Driftsutgifter | 25 700 000 | 25 700 000 | ||
51 | Riksrevisjonen | ||||
01 | Driftsutgifter | 550 100 000 | |||
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 27 000 000 | 577 100 000 | ||
Sum Stortinget og tilknytte organ | 2 073 200 000 | ||||
Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | ||||
01 | Driftsutgifter | 401 600 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 84 600 000 | |||
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 13 100 000 | 499 300 000 | ||
1602 | Finanstilsynet | ||||
01 | Driftsutgifter | 419 900 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 24 100 000 | 444 000 000 | ||
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | ||||
01 | Driftsutgifter | 607 400 000 | |||
22 | Opplæringskontoret OK stat | 6 300 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 16 600 000 | 630 300 000 | ||
Sum Finansadministrasjon | 1 573 600 000 | ||||
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
1610 | Tolletaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 1 552 200 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 212 800 000 | 1 765 000 000 | ||
1618 | Skatteetaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 6 716 700 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 212 500 000 | |||
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 247 100 000 | |||
23 | Spesielle driftsutgifter, a-ordninga | 94 300 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 111 100 000 | |||
70 | Tilskot | 5 500 000 | 7 387 200 000 | ||
1619 | Skatteklagenemnda | ||||
01 | Driftsutgifter | 71 200 000 | 71 200 000 | ||
Sum Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | 9 223 400 000 | ||||
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | ||||
01 | Driftsutgifter | 607 900 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 259 900 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 25 900 000 | 893 700 000 | ||
Sum Offisiell statistikk | 893 700 000 | ||||
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | ||||
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 27 000 000 000 | |||
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 2 280 000 000 | 29 280 000 000 | ||
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | ||||
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 7 400 000 000 | 7 400 000 000 | ||
Sum Andre føremål | 36 680 000 000 | ||||
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | ||||
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 10 015 800 000 | 10 015 800 000 | ||
Sum Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | 10 015 800 000 | ||||
Sum departementets utgifter | 60 913 500 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Regjeringa | |||||
3021 | Statsrådet | ||||
02 | Diverse refusjonar | 100 000 | 100 000 | ||
3024 | Regjeringsadvokaten | ||||
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 19 600 000 | 19 600 000 | ||
Sum Regjeringa | 19 700 000 | ||||
Stortinget og tilknytte organ | |||||
3041 | Stortinget | ||||
01 | Salsinntekter | 6 300 000 | |||
03 | Leigeinntekter | 1 100 000 | 7 400 000 | ||
3051 | Riksrevisjonen | ||||
01 | Refusjon innland | 2 000 000 | |||
02 | Refusjon utland | 300 000 | 2 300 000 | ||
Sum Stortinget og tilknytte organ | 9 700 000 | ||||
Finansdepartementet | |||||
4600 | Finansdepartementet | ||||
02 | Ymse refusjonar | 400 000 | 400 000 | ||
4602 | Finanstilsynet | ||||
03 | Sakshandsamingsgebyr | 12 300 000 | |||
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | 500 000 | 12 800 000 | ||
4605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | ||||
01 | Økonomitenester | 52 632 000 | |||
02 | Opplæringskontoret OK stat | 9 700 000 | 62 332 000 | ||
4610 | Tolletaten | ||||
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 7 200 000 | |||
02 | Andre inntekter | 2 100 000 | |||
04 | Ymse refusjonar | 1 100 000 | |||
05 | Refusjon frå Avinor AS | 25 200 000 | |||
85 | Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot | 23 000 000 | 58 600 000 | ||
4618 | Skatteetaten | ||||
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 89 500 000 | |||
03 | Andre inntekter | 40 900 000 | |||
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 50 000 000 | |||
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 3 500 000 | |||
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 3 500 000 | |||
85 | Inngått på tapsførte lån m.m. | 250 000 000 | |||
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 400 000 000 | |||
87 | Trafikantsanksjonar | 60 000 000 | |||
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 220 000 000 | |||
89 | Gebyr for regelbrot | 5 000 000 | 2 122 400 000 | ||
4620 | Statistisk sentralbyrå | ||||
02 | Oppdragsinntekter | 265 800 000 | |||
85 | Tvangsmulkt | 15 000 000 | 280 800 000 | ||
Sum Finansdepartementet | 2 537 332 000 | ||||
Ymse inntekter | |||||
4670 | Den nordiske investeringsbanken | ||||
50 | Tilbakeføring av tapsfondsmidlar | 70 237 000 | 70 237 000 | ||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | ||||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 500 000 | 500 000 | ||
Sum Ymse inntekter | 70 737 000 | ||||
Skatter og avgifter | |||||
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | ||||
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 445 700 000 | 445 700 000 | ||
Sum Skatter og avgifter | 445 700 000 | ||||
Renter og utbyte m.m. | |||||
5351 | Overføring frå Noregs Bank | ||||
85 | Overføring | 13 900 000 000 | 13 900 000 000 | ||
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | ||||
80 | Av statskassas foliokonto i Noregs Bank | 917 400 000 | |||
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 200 000 | |||
82 | Av innanlandske verdipapir | 915 300 000 | |||
83 | Av alminnelege fordringar | 25 000 000 | |||
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 293 700 000 | |||
86 | Renter av lån til andre statar | 100 000 | 2 151 700 000 | ||
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | ||||
85 | Utbyte | 84 200 000 | 84 200 000 | ||
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | ||||
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 900 000 | 900 000 | ||
Sum Renter og utbyte m.m. | 16 136 800 000 | ||||
Sum departementets inntekter | 19 219 969 000 |
Fullmakt til å overskride gjevne løyvingar
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 kan:
overskride løyvinga under
mot tilsvarande meirinntekter under
kap. 21 post 01
kap. 3021 post 02
kap. 41 post 01
kap. 3041 post 01
kap. 1600 post 21
kap. 4600 post 02
kap. 1605 post 01
kap. 4605 post 01
kap. 1605 postane 01 og 22
kap. 4605 post 02
kap. 1610 post 01
kap. 4610 postane 01, 04 og 05
kap. 1618 post 01
kap. 4618 post 03
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01 for dei statlege forvaltningsorgana som kjem inn under nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved berekninga av overføring av unytta løyving til neste år.
overskride løyvinga til oppdragsverksemd på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til alle meirinntektene på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.
Unytta meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved utrekning av overførbart beløp på posten.
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01.
III
Fullmakt til overskriding
Stortinget samtykkjer i at Statsministerens kontor i 2020 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter, for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa.
Fullmakter til å pådra staten skyldnader utover løyvingane
IV
Tingingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 kan gjere tingingar utover det som er løyvt, men slik at den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar ikkje overstig desse summane:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1610 | Tolletaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 40 mill. kroner | |
1618 | Skatteetaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 35 mill. kroner |
V
Fullmakter til å gjere avtalar om investeringsprosjekt
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 kan inngå avtalar om gjennomføring av dei investeringsprosjekta som er omtalte i Prop. 1 S (2019–2020) under kap. 1618 Skatteetaten, post 22 Større IT-prosjekt, innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne der.
VI
Garantifullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 kan gje garantiar for:
grunnkapitalen til Den nordiske investeringsbanken innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 617 872 455 euro.
lån frå Den nordiske investeringsbanken som gjeld ordninga med prosjektinvesteringslån innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar på 387 086 761 euro.
miljølån gjennom Den nordiske investeringsbanken innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar på 57 243 888 euro.
VII
Fullmakt til å dekkje utgifter til vidare bubehandling
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet for 2020 under ordninga med oppfølging av staten sine krav i konkursbu kan pådra staten skyldnader utover løyvingane, men slik at den samla ramma for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig 22,5 mill. kroner. Utbetalingar vert dekte av løyvingane under kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Andre fullmakter
VIII
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilposteringar i statsrekneskapar for tidlegare år
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 i einskildsaker kan rette opp uoppklåra differansar i rekneskapane og feilposteringar i statsrekneskapen som gjeld rekneskapar for tidlegare år. Dette må gjerast ved å postere over kontoen for forskuvingar i balansen i statsrekneskapen i rekneskapen for det inneverande året. Fullmakta gjeld opp til 1 mill. kroner.
IX
Fullmakt om utbetalingsløysing for overtid, reisetid og timeløn i 2020
Stortinget samtykkjer i at:
Statlege verksemder som vert omfatta av omlegginga av utbetalingsløysinga i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for overtid, reisetid og timeløn, kan overskride driftsløyvinga si tilsvarande eingongseffekten av omlegginga.
Finansdepartementet kan ta omsyn til eingongseffekten av omlegginga ved utrekning av overført, unytta driftsløyving til 2021 med utgangspunkt i samla oversikt frå DFØ.
X
Nettoposteringsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at det på kap. 41 Stortinget, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, i 2020 kan nettoførast som utgiftsreduksjonar refusjonar frå Oslo kommune og andre aktørar i samsvar med avtalte utgiftsfordelingar i samband med byggje- og sikringsprosjekt.
XI
Nettoposteringsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 kan:
trekkje direkte utgifter i samband med auksjonssal frå salsinntektene før det overskytande vert ført som inntekter under kap. 4610 Tolletaten, post 02 Andre inntekter.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1610 Tolletaten, post 01 Driftsutgifter, refusjonar av fellesutgifter og liknande der Tolletaten framleiger lokale.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, refusjonar av fellesutgifter og liknande der Skatteetaten framleiger lokale.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 22 Større IT-prosjekt, refusjonar frå andre offentlege institusjonar som etaten utviklar løysingar i samarbeid med.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, refusjonar frå andre offentlege institusjonar for investeringar Skatteetaten gjer i samarbeid med desse.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 01 Driftsutgifter, refusjonar av fellesutgifter og liknande der Statistisk sentralbyrå framleiger lokale.
XII
Fullmakt til postering mot mellomværet med statskassa
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 kan gje Skatteetaten fullmakt til å:
inntektsføre statens del av skatteinngangen i statsrekneskapen i same periode som denne vert rapportert frå skatterekneskapen, og mot mellomværet som skatterekneskapen har med statskassa. Mellomværet vert utlikna i påfølgjande periode når oppgjeret vert overført frå skatterekneskapen.
føre uplasserte innbetalingar i meirverdiavgiftsrekneskapen mot mellomværet med statskassa. Etter at krava er fastsette, vert innbetalingane resultatførte i statsrekneskapen og mellomværet utlikna.
Andre vedtak
XIII
Oppheving av oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 46, 20. november 2018 vert oppheva.