Del 1
Innleiing
1 Om klima- og miljøutfordringane
Klimautfordringane
Det er brei semje om at det å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Klima- og miljøendringane påverkar helsa, livsgrunnlaget og verdiskapinga til menneska. Oppvarming av klimasystemet og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Klimaendringane er eit resultat av menneskeskapte utslepp av klimagassar frå mellom anna energiproduksjon og -bruk, industri, transport og landbruk sidan førindustriell tid.
Utsleppa held fram med å auke, og dei har ført til at konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren i dag, ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon (WMO), er 147 pst. høgare enn i førindustriell tid. I tiåret frå 2009 til 2018 tok havet opp 23 pst. av dei menneskeskapte CO2-utsleppa. Auka CO2-nivå i havet medfører auka havforsuring. Dei fem siste åra har blitt stadfesta som dei varmaste åra som er registrerte globalt, og 2016 er framleis det varmaste enkeltåret som nokosinne er registrert. Ifølgje WMO var 2019 det nest varmaste året, då var jordoverflata om lag 1,1 grad varmare enn i førindustriell tid. Mesteparten av denne temperaturauken har skjedd sidan midten av 1970-åra.
Parisavtala under FNs klimakonvensjon er ei solid ramme for den globale klimainnsatsen. Målet med avtala er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane, mellom anna ved å halde den globale temperaturauken til godt under 2 grader samanlikna med førindustrielt nivå, og å søkje og halde oppvarminga til 1,5 grader.
For å nå måla i Parisavtala må Noreg og resten av verda omstillast til lågutsleppssamfunn. Det er nedfelt i klimalova at utsleppa i 2050 skal reduserast med 80–95 pst. i forhold til 1990, inkludert effektane av Noregs deltaking i klimakvotesystemet. For å få til dette må vi omstille oss til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor naturens tolegrenser. Det grøne skiftet krev ei omstilling som omfattar alle samfunnsområde og aktørar. Samarbeid og samhandling er viktig for å setje felles mål og for å utvikle teknologi og rammevilkår. Innovasjon og teknologiutvikling er ein av nøklane til det grøne skiftet, og næringslivet er ei sentral kraft. Verda treng fornybar kraft, og transporten må ha nullutslepp. Ressursane må brukast meir effektivt og vi må halde ressursane lenger i kretsløpet. Vi må auke bruken av sekundære råvarer og redusere bruken av primære råvarer.
I 2018 publiserte FNs klimapanel ein spesialrapport om 1,5 grader global oppvarming. Rapporten viste at det vil vere store gevinstar ved å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. For å avgrense oppvarminga til 1,5 grader må globale utslepp av klimagassar reduserast med 40–50 pst. innan 2030 samanlikna med 2010. I 2050 må utsleppa av CO2 vere netto null eller negative, det vil seie at det må fjernast minst like mykje CO2 frå atmosfæren som det blir sleppt ut. Det er òg nødvendig med kraftige reduksjonar i utsleppa av andre klimagassar, særleg metan.
Spesialrapporten om klimaendringar og landareal som FNs klimapanel la fram i 2019, tek opp klimaendringane, tap av natur og ulike scenario, mellom anna dei som avgrensar oppvarminga til 1,5 grader. Rapporten viser at oppvarming av landoverflata har auka nesten dobbelt så raskt som den globale gjennomsnittstemperaturen. Utnyttinga av landjorda har ført til klimagassutslepp, tap av naturlege økosystem som skog og våtmark, og mindre naturmangfald. Klimaendringane forsterkar eksisterande belastningar som forørkning, vassmangel og forringing av landområde. Dette påverkar mattryggleiken og medfører risiko for helsa og livsgrunnlaget til menneska, infrastrukturen og tilstanden i ulike økosystem.
I Noreg skaper endringar i klima nye utfordringar for menneska og samfunnet. Eit varmare klima med større nedbørsmengder fører mellom anna til overfløyming og jordras. Skadelege framande artar vil tilpasse seg i den norske naturen, mange artar og bestandar flyttar seg lenger nord eller høgare til fjells om det er mogleg, eller dei blir borte frå norsk natur.
Ringverknadene av klimaendringar i andre delar av verda kan òg få store konsekvensar for Noreg. Dette har mellom andre Klimarisikoutvalet understreka i sin rapport.1 Ifølgje ein rapport frå EY2 vil den mest akutte verknaden vere auka behov for bistand og nødhjelp som følgje av hyppigare og kraftigare ekstremvêr, flaum, tørke og mangel på vatn. Det er påvist tydelege samanhengar mellom slike verknader, fattigdomsutvikling og humanitære kriser blant menneske som bur i sårbare område.
Covid-19-pandemien i 2020 har gitt utsleppskutt fordi det har vore lågare aktivitet i energibruk, produksjon og transport over store delar av verda. Kor store kutta blir, veit vi ikkje enno, og den langsiktige effekten på utsleppa er usikker. For å få varige utsleppskutt må vi ta i bruk lågutsleppsteknologi og nye løysingar når aktiviteten aukar igjen.
Endringar i havmiljøet
Dei store havområda under norsk jurisdiksjon, og avhengnaden og tilknytinga vår til havet både i fortid, notid og framtid, inneber eit særskilt forvaltingsansvar for å sikre vel fungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst.
Viktige utviklingstrekk i norsk og internasjonal havforvaltning er omstilling i havbaserte næringar, globale diskusjonar under FN om forvaltning av hav og havressursar, ei aukande erkjenning av kva rolle økosystema har i havøkonomien, og korleis havet kan vere ein del av løysinga på globale utfordringar. Ifølgje rapporten The Ocean Economy in 2030, utgitt av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) i 2016, har verdas havområde stort potensial for økonomisk vekst gjennom nye næringar og utvikling av eksisterande næringar. Ein føresetnad for å realisere havets potensial fullt ut er god miljøtilstand og at havområda blir nytta på ein ansvarleg og berekraftig måte. Samstundes står vi i dag overfor truslar mot havmiljøet spesielt i form av klimaendringar og forsuring av havet og marin forsøpling.
Ifølgje Naturpanelet er det globalt fire hovudpåverknader på dei marine økosystema. Den viktigaste påverknaden i global samanheng er fiskeria og anna hausting av marine organismar. Dernest kjem endringar i arealbruken på land og i havet, inkludert utvikling av infrastruktur og akvakultur i kystsona. Så kjem klimaendringar og deretter tilførsel av forureining og avfall. Forholdet mellom desse påverknadsfaktorane varierer mellom ulike delar av verdshava. I norske havområde er klimaendringar den viktigaste påverknadsfaktoren.
FNs klimapanel framhevar i spesialrapporten om hav og is frå 2019 at vi ser verknader av klimaendringane på marine økosystem over heile kloden. For eksempel er dei tropiske korallreva hardt ramma. Klimaendringane forsterkar påverknaden frå andre faktorar som fiskeri, utbygging av kystsona og tilførslar av forureining og avfall.
Klimapanelet seier òg at havet blir varma opp meir enn dobbelt så raskt som i 1993. I heimlege farvatn ser vi at utbreiinga av plankton, fisk, sjøfugl og botndyr flyttar seg nordover som følgje av varmare havvatn, og at leveområda for arktiske artar krympar. Andre endringar, som havnivåstigning, lågare oksygennivå og surare hav, kan òg få stor innverknad på marine økosystem i åra framover.
Rapportane frå FNs klimapanel viser at klimaendringane vil få store konsekvensar både for havet og for vår bruk av det. Dersom utsleppa ikkje blir reduserte, vil konsekvensen av vedvarande oppvarming og forsuring ifølgje FNs klimapanel bli ein global nedgang i den biologiske produktiviteten i havet og i fangstpotensialet for fisk, særleg på låge breiddegrader. Konsekvensane av havnivåstigning og meir ekstremvêr for økosystem og samfunn i lågtliggjande kystområde og små øyar er òg venta å bli svært alvorlege.
Marin plastforureining og spreiing av mikroplast
Marin plastforureining og spreiing av mikroplast er eit raskt aukande globalt miljøproblem og ein trussel både mot dyreliv langs kyst og i hav, mot sjømatressursane og mot menneska sin bruk av kyst- og havområda. Plastavfall blir brote ned svært sakte i havdjupet. Det er usikkert om det nokon gong vil forsvinne, eller berre endar som små mikro- og nanoplastpartiklar. Det er behov for meir kunnskap om kva effektar mikroplast i havet har på helsa til dyr og menneske. Den raske auken av plast i havet, og dei skadane ein allereie ser, gjer at dette er rekna som ein av dei viktigaste truslane mot havmiljøet. Utslepp, spreiing og effektar av mikroplast til luft, jordsmonn og ferskvatn er òg område der det trengst meir kunnskap. På global basis kjem dei største mengdene marint avfall frå land i rask økonomisk vekst og utan tilfredsstillande system for behandling av avfall. I Noreg er det særleg plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar som er dei største kjeldene til marin forsøpling. I 2020 blei den første systematiske studien av avfall langs norskekysten lagd fram. Avfall frå fiskeri og akvakultur, særleg tau, dominerer i kystområda, mens gjenstandar frå personleg forbruk (og nær halvparten er matemballasje) utgjer ein større del i tett folkesette område. Ei første undersøking av kjelder til plastforureining i ferskvatn i Noreg fann mest avfall frå matemballasje, isopor, sigarettar og snus. Mykje var ikkje identifiserbart og kan ikkje sporast tilbake til kjelda.
Eit giftfritt miljø og trygge forbrukarprodukt
Miljøgifter er ei av dei tre viktigaste globale miljøutfordringane saman med klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald. Eit reint miljø er ein føresetnad for at vi fritt skal kunne bruke naturen, hauste av naturressursane og verne helsa til menneska. Mykje av norsk verdiskaping, produksjon og velferd er derfor avhengig av eit reint miljø. Utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar frå norske kjelder har gjennom mange års innsats blitt tydeleg redusert. Utfordringane no ligg særskilt i langtransportert luft- og havforureining og i produkt som inneheld miljøgifter. Miljøgiftene blir brotne sakte ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene, og dei kan ha alvorlege langtidseffektar. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot helse for kommande generasjonar, mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning.
Tap av naturmangfald
Naturen er sjølve livsgrunnlaget vårt. Mangfaldet i naturen gir oss mellom anna tilgang til reint vatn og rein luft, mat, medisinar og byggjemateriale. Naturen medverkar òg med store opptak av klimagassar. Robuste økosystem kan dempe effekten av klimaendringane for eksempel i form av flaumdemping og vassreinsing eller vern mot erosjon. Mange økosystem er så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei goda eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneska er heilt avhengige av.
I mai 2019 la FNs naturpanel fram sin globale rapport om naturens tilstand. Rapporten stiller saman kunnskap frå nær 15 000 vitskaplege kjelder. Dyr, planter og økosystem blir i følgje rapporten utrydda i eit tempo vi aldri før har sett i historia til mennesket. Vi hentar ut stadig meir mat, energi og materiale frå naturen for å dekkje eit aukande forbruk til ei veksande global befolkning. Det samla avtrykket vårt er no så omfattande at vi drastisk reduserer evna naturen har til å levere grunnleggjande tenester som reint vatn, rein luft og stabil tilgang til mat i framtida.
Berekraftig bruk av areala er avgjerande for å nå klimamåla og ta vare på biologisk mangfald. Både Naturpanelets globale rapport og Klimapanelets spesialrapport om klimaendringar og landareal viser til at landbaserte tiltak for å restaurere og bevare viktige økosystemtenester kan medverke både til auka karbonbinding og klimatilpassing.
Tapet av naturmangfald er både ei nasjonal og ei internasjonal utfordring. I Noreg er det risiko for tap av naturmangfald, særleg som følgje av arealinngrep, arealbruksendringar og spreiing av framande artar. Miljøkriminalitet, særleg i form av ulovleg uttak av truga artar, skogkriminalitet, ulovleg fiske og ulovleg gruvedrift, er òg ei viktig årsak til at artar risikerer utrydding eller overutnytting. I havet gir marin plastforureining og havforsuring store utfordringar for mangfaldet av plantar og dyr. Klimaendringane forsterkar truslane både på land og i havet og har aukande negativ påverknad. Ein føresetnad for å lukkast i å oppnå måla i Parisavtala og FNs berekraftsmål er å ta vare på naturmangfaldet. Eit rikt naturmangfald og lett tilgang til naturområde er viktig for folkehelsa. Når naturområde blir bygde ned, vil dette ofte gå ut over høvet til friluftsliv. Det er derfor viktig at konsekvensar for friluftsliv blir vurderte i alle saker som omfattar nedbygging av både større og mindre natur- og grøntområde.
Kulturmiljø
Det er viktig og nødvendig å sjå forvaltninga av kulturminne, kulturmiljø og landskap i samanheng med og som ein integrert del av klima- og miljøforvaltninga elles. Denne koplinga er blitt aktualisert gjennom verknadene klimaendringane har på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Fram mot år 2100 vil klimaet bli varmare, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, fleire og større regnflaumar og stigande havnivå. Klimaendringane aukar belastninga på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Eit fuktigare og varmare klima vil gi auka fare for ròte- og insektskadar. Vidare kan akutte hendingar som flaum, skred, brann og kraftig nedbør true dei kulturhistoriske verdiane.
Miljøkriminalitet kan føre til at kulturmiljøverdiane knytte til både kunnskap, oppleving og bruk blir forringa, til dømes ved at samanhengen mellom kulturminna og kulturmiljøet dei inngår i, blir broten. Der arkeologiske kulturminne blir fjerna, blir òg funnkonteksten ukjend. Kulturarv er ein viktig del av folks identitetsdanning og tilhøyrsle, både i Noreg og elles i verda. Felles for denne typen kriminalitet er at dei ulovlege handlingane medverkar til å gjere det vanskelegare å nå dei nasjonale måla på kulturmiljøfeltet, men òg å nå berekraftsmåla.
Det å ta vare på og halde ved like kulturhistorisk verdifulle bygningar og anlegg er eit viktig bidrag i arbeidet med å redusere klimagassutslepp. For å få til dette er det nødvendig å sjå på korleis byggje- og anleggssektoren kan medverke. Byggjevarene utgjer over 80 pst. av utsleppa i sektoren. FNs klimapanel (IPCC) peiker på at ein stor del av bygningsmassen som finst i dag, òg vil eksistere i 2050, og at rehabilitering og oppgradering av eksisterande bygningsmasse derfor er viktige bidrag til å redusere utsleppa i sektoren.
Overgangen til ein meir sirkulær økonomi er ein del av løysinga for at byggjenæringa skal bli meir berekraftig. Eit mål for den sirkulære økonomien er å utnytte alle ressursar best mogleg. Vern gjennom bruk er derfor framleis eit viktig prinsipp for ei berekraftig kulturmiljøforvaltning. Det vil både redusere avfall og redusere behovet for produksjon og transport av nye byggjemateriale. Vidareført bruk, innovativ ombruk og gjenbruk av eksisterande bygningar og materiale medverkar til å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk. Det er verknadsfulle tiltak som gir reduserte klimagassutslepp her og no og ikkje berre ein venta gevinst i framtida.
Byar i vekst treng heilskaplege grep for at dei skal bli funksjonelle og berekraftige, og kulturarven kan brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Urbaniseringa og den auka tilflyttinga til byane og tettstadene fører til press på areal, kulturminne og kulturmiljø. Over 80 pst. av den norske befolkninga bur i byar og tettstader, og prosentdelen er aukande. Utfordringa ligg i å auke tettleiken samstundes som ein forsterkar trivselen og kjensla av tilhøyrsle for innbyggjarane.
Miljøutfordringar i nord – og i polarområda
Klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet gir miljøutfordringar i Arktis og Antarktis. Polområda har ei nøkkelrolle i det globale klimaet, og issmelting i Arktis og Antarktis er avgjerande for havnivået i framtida.
Rapporten Climate in Svalbard 2100 bereknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100. Rapporten viser at årstemperatur og årsnedbør vil auke kraftig. Det vil bli fleire hendingar med kraftig nedbør, oppvarming av permafrosten og auka førekomst av skred. Klimaendringane fører med seg utfordringar for arealplanlegginga i lokalsamfunna. Det gjeld auka fare for flaum og skred og skadar på bygg på grunn av mindre permafrost og opptining av grunnen.
Ein særskild effekt av klimaendringane dei siste åra er mindre fjordis på vestkysten av Svalbard. Fjordområde med brefrontar som framleis har stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir difor stadig viktigare for isavhengige artar som ringsel og isbjørn.
Klimaendringane i polarområda har gjort det lettare for framande artar å finne fotfeste der. Klimaendringane kan påverke økosystema også i Sørishavet. Ei utvikling mot varmare og ferskare vatn og gradvis flytting av frontsystem sørover vil kunne føre til endringar for nøkkelartar, slik som kril, som igjen påverkar livsgrunnlaget for pingvinar og andre marine pattedyr.
Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Mellom anna kan det føre til alvorlege skadar på dyr. Mindre is og villare vêr gir òg større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nær sjøen, står i fare for å rase i havet.
Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på føre var-prinsippet og forvaltaransvaret. Klimautfordringane kan berre løysast gjennom globalt samarbeid, men Noreg må òg redusere eigne utslepp. Alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Sektorane har òg ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø, og kunnskap om moglege løysingar og tiltak, blir vareteke i forsking, overvaking og annan kunnskapsproduksjon.
Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle klima- og miljøpolitikken til regjeringa og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Dette omfattar òg ansvaret for eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på klima- og miljøområdet.
I forvaltninga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen, står desse prinsippa sentralt:
Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå kjelder som forsking, overvaking, kartlegging og kunnskapssamanstillingar står sentralt. Bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som FNs klimapanel (IPCC) og FNs naturpanel (IPBES) er viktig.
Regjeringa har bestemt at berekraftsmåla utgjer det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største nasjonale og globale utfordringane i vår tid. 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030 ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng.
Føre var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet, og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade eller la vere å gjennomføre aktiviteten.
Prinsippet om samla belastning/økosystemtilnærming står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og artar, når planar skal leggjast og vedtak skal gjerast.
Forureinar betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har den som forureinar, òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare, skal berast av tiltakshavaren. Kulturminnelova har ei føresegn om at tiltakshavaren skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.
Allmenta har rett til kunnskap, tilgang til miljøinformasjon og deltaking i prosessar for å avgjere saker om miljø. Det er viktig at for at dei skal kunne vere med på å sikre eit sunt, produktivt og mangfaldig miljø og dermed eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen.
Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å løyse dei globale klima- og miljøutfordringane.
Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i ei rekkje internasjonale prosessar og nyttar fleire verkemiddel for å påverke den globale miljøtilstanden. Departementet arbeider både bilateralt, regionalt og internasjonalt. Gjennom internasjonale forhandlingar medverkar Noreg til at landa i verda set seg felles mål for til dømes å redusere produksjon og bruk av miljøgifter (Stockholmskonvensjonen og Minimatakonvensjonen), betre naturmangfaldet (FNs konvensjon om biologisk mangfald), redusere klimagassar (klimakonvensjonen) og arbeide mot organisert grenseoverskridande miljøkriminalitet (FNs konvensjon mot grenseoverskridande organisert kriminalitet). Internasjonale avtaler får òg konsekvensar nasjonalt. Til dømes dannar berekraftsmåla og Parisavtala viktige rammer for Noregs nasjonale og internasjonale klima- og miljøarbeid.
Vi når verken måla i Parisavtala eller FNs berekraftmål utan å redusere og reversere tap av verdas regnskogar. Skogane medverkar til eit stabilt klima, til naturmangfald, og dei utgjer levegrunnlaget for millionar av menneske som bor i og omkring skogen. Det er utfordrande for skoglanda å gjennomføre ein berekraftig arealpolitikk som hindrar at regnskogen øydeleggjast. Denne utfordringa veks så lenge dei globale marknadene etterspør varar som aukar avskoginga. Det internasjonale Klima- og skoginitiativet er Norges innsats for å støtte skoglanda i deira innsats, og å redusere marknadens press på skogen.
EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk og ein viktig samarbeidspartnar for Noreg. Ein stor del av EUs miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala, mellom anna regelverk på område som avfall, produkt, kjemikaliar, industriutslepp, luftkvalitet og vassforvaltning. Noreg deltek fullt ut i EUs klimakvotesystem. Noreg skal òg samarbeide med EU i perioden 2021–2030 for å oppfylle klimamålet for 2030.
Dei globale miljøutfordringane må òg sjåast i samanheng med internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Skal verda nå klimamåla, er det behov for at både offentlege og private investeringar blir vridd i ei meir berekraftig retning, særleg infrastruktur og andre investeringar med lang levetid. Det er viktig å ha ei god vurdering og handtering av korleis lågutsleppsutvikling vil påverke lønnsemda og risikoen til langsiktige investeringar, både i privat og offentleg sektor. Det regjeringsoppnemnde Klimarisikoutvalet peiker i sin rapport på nokre overordna prinsipp for å betre handteringa av klimarisiko i samfunnet og gir tilrådingar retta mot både privat og offentleg sektor. Regjeringa meiner det er viktig med god informasjon, gode analysar, gode avgjerdsprosessar og riktige insentiv for å få ei god handtering av klimarisiko, både i privat og offentleg sektor. Korleis regjeringa følgjer opp rapporten frå Klimarisikoutvalet, vart omtalt i revidert nasjonalbudsjett 2019 (Meld. St. 2 (2018–2019)), finansmarknadsmeldinga 2019 (Meld. St. 24 (2018–2019)) og Noregs lågutsleppsstrategi for 2050 (vedlegg 1 til Prop. 1. S (2019–2020)).
Klima- og miljødepartementet arbeider for at bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn.
Meir informasjon om internasjonalt klima- og miljøarbeid er å finne i programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid mm, 12.20 Klima, naturmangfald og forureining, 12.60 Nord- og polarområda, og 12.70 Internasjonalt klimaarbeid og i del III Omtale av særskilde sektorovergripande klima- og miljøsaker.
2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken
Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.
På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål som viser utviklinga over tid. Klima- og miljødepartementet fastset årleg eit sett med indikatorar for alle dei nasjonale måla. Måla og utviklinga i indikatorane over tid er beskrivne på Miljøstatus.no.
Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.
2.1 Naturmangfald
Nasjonale mål:
Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.
Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.
Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Velfungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, produserer mat, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av plantar. Naturen medverkar òg til verdiskaping og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, mellom anna klimaendringane.
Gjennom dei siste tiåra er det globale naturmangfaldet vesentleg redusert. Situasjonen i Noreg er meir positiv, men her òg finst det utfordringar. Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 2.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem, mellom anna i våtmark i lågareliggjande og kystnære strøk, i havområda ved Svalbard, i Nordsjøen og i Skagerrak og i ope lågland (kulturbetinga naturtypar) i Sør-Noreg. Første fase i arbeidet med å klargjere kva som er å rekne som god tilstand i dei ulike økosystema, vil vere avslutta i 2021 ved at dei første nasjonale vurderingane for tilstanden i enkelte økosystem då er gjennomførte. Samstundes blir fagsystemet for vurdering av økologisk tilstand, under dette forvaltningsmål, utvikla vidare.
Boks 2.1 Naturindeksen for Noreg
Naturindeksen for Noreg 2015 er basert på 301 indikatorar og viser tilstand og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn – botn og kystvatn – vassmassane, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturbetinga naturtypar i ope landskap. Dei fleste forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking, er involverte i arbeidet, og i alt var 85 ekspertar involverte i oppdatering av Naturindeks for Noreg 2015. Ny naturindeks vil bli presentert i 2020. For meir informasjon om Naturindeks for Noreg 2015 sjå www.naturindeks.no.
For å hindre at artar og naturtypar i norsk natur blir utrydda, må vi ha spesiell merksemd på dei artane og naturtypane som er truga. Dette er artar og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ein truga art eller naturtype er definert som ein art eller ein naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for artar 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2018. Tabell 2.1 gir ei oversikt over truga artar og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.
Tabell 2.1 Talet på truga artar og naturtypar i hovudøkosystema
Hovudøkosystema i Noreg | Talet på truga artar1 | Talet på truga naturtypar2 |
---|---|---|
Hav og kystvatn | 41 | 6 |
Elvar og innsjøar | 147 | 4 |
Våtmark | 183 | 8 |
Skog | 1 122 | 10 |
Fjell | 87 | 3 |
Kulturlandskap og ope lågland | 1 187 | 14 |
Polare område (Svalbard) | 55 | 8 |
1 Tala er i utgangspunktet baserte på Norsk raudliste for artar frå 2015, men er litt endra fordi inndelinga av økosystema er endra som følgje av naturmangfaldmeldinga. Ei revidert raudliste for artar vil bli presentert i 2021.
2 Tala er frå Norsk raudliste for naturtypar frå 2018.
Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova, utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å halde oppe tilstanden i desse områda ved styrkt forvaltning. Om lag 17,5 pst. av Fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde. Om lag 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra. Desse er samansette av representantar frå kommunar og fylkeskommunar med tilknyting til verneområdet, i tillegg til representantar oppnemnde av Sametinget der det er aktuelt.
Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. Ved utgangen av 2019 var 5 pst. av skogen verna mot hogst. Av dette var 3,8 pst. produktiv skog. Det er eit mål å verne 10 pst. av skogarealet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeidd vidare for å verne slik skog. I 2016 var 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, medrekna kulturlandskapet, verna. Nye tal for desse tre hovudøkosystema blir presenterte i løpet av 2021. Sjølv om desse tre økosystema har relativt godt omfang av verna areal, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. Om lag 3,6 pst. av hav og kystvatn innanfor 12 nautiske mil (territorialfarvatnet) er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er nådd.
2.2 Kulturminne og kulturmiljø
Nasjonale mål:
Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.
Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.
Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.
Dei nasjonale måla er forankra i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold.
Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnets kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnsutvikling, om livet til enkeltmenneske og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene. Kulturmiljøpolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane i eit langsiktig perspektiv.
Den nye stortingsmeldinga om kulturmiljøpolitikken blei behandla av Stortinget 16. juni 2020 og presenterer tre nye nasjonale mål – engasjement, berekraft og mangfald. I motsetning til tidlegare nasjonale mål, som har vore objekt- og tilstandsfokusert, legg dei nye nasjonale måla vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. I meldinga legg regjeringa vekt på at kulturmiljøpolitikken er ein sentral og integrert del av klima- og miljøpolitikken. Denne koplinga til klima- og miljøforvaltninga er blitt aktualisert gjennom den effekten klimaendringane har på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Samtidig kan bevaring av kulturhistoriske bygningar og anlegg medverke til reduksjon av klimagassutslepp og til den sirkulære økonomien. Korleis vi handterer den eksisterande bygningsmassen, vil derfor vere ein viktig del av løysinga for å nå utsleppsmåla vi har i 2030.
By- og stadutvikling er ein del av løysinga for ei berekraftig utvikling. Kulturarv kan brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Transformasjon og ny bruk av eldre bygningsmasse kan medverke til å bevare og vitalisere dei historiske byområda. God arkitektur, historiske bygningar og bymiljø medverkar til stadidentitet og positive opplevingar av sentrum, og er ressursar som bør utnyttast for å utvikle attraktive by- og tettstadsenter. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FNs berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn, men kulturmiljø medverkar òg til å nå fleire av dei andre berekraftsmåla.
Regionreforma, som tredde i kraft 1. januar 2020, inneber at fylkeskommunane har fått meir mynde og har i hovudsak førstelinjeansvaret for behandling av saker etter kulturminnelova. Regionreforma inneber òg at rolla til Riksantikvaren er endra. Riksantikvaren skal vidareutvikle rolla si som fagdirektorat, og har framleis eit overordna ansvar for gjennomføringa av den nasjonale kulturmiljøpolitikken.
Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordninga for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2019 fordelt 108,2 mill. kroner til 571 tiltak som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.
2.3 Friluftsliv
Nasjonale mål:
Friluftslivet sin posisjon skal takast vare på og utviklast vidare gjennom varetaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.
Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.
Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av livet til mange nordmenn. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen. Verdien av nærnaturen for friluftsliv kom ikkje minst klart fram under koronasituasjonen i 2020, då svært mange brukte nærnaturen til friluftsliv.
Friluftsliv i nærmiljøet er prioritert i alle tilskotsordningane til friluftsliv og i ordninga statleg sikring av friluftslivsområde.
Stortingsmeldinga om friluftsliv frå 2016 og Handlingsplan for friluftsliv frå 2018 inneheld ei rekkje tiltak og føringar for å styrkje friluftslivet.
I 2021 vil arbeid med Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt vere høgt prioritert.
For å stimulere barn og unge til friluftsliv er desse gruppene prioriterte i tilskotsordningane til friluftsliv. I tillegg blir det mellom anna gitt tilskot til Den naturlege skulesekken og Forum for friluftsliv i skolen. Vidare blir det gitt øyremerkte tilskot til to ulike prosjekt som kartlegg og vidareutviklar vellykka aktivitetstiltak for barn og unge i skule og barnehage, i ferie og fritid. Frå 2021 vil regjeringa òg gi tilskot til drift og utvikling av turportalen Ut.no.
Det er ein lovfesta rett i friluftslova å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten), og at ferdsel og opphald i naturen skal vere gratis. Dette er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreitt i Noreg. Den sterke stillinga allemannsretten har i Noreg, heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege.
2.4 Forureining
Nasjonale mål:
Forureining skal ikkje skade helse og miljø.
Bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast.
Eksponering av menneske og miljø for radioaktiv forureining skal haldast så låg som mogleg.
Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.
Materialgjenvinning av avfall skal auke.
Å sikre trygg luft for innbyggjarane. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:
årsmiddel PM10: 20 µg/m3
årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3
årsmiddel NO2: 40 µg/m3
Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i høve til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i høve til 2005. Målet er under revisjon.
Alle har rett til eit miljø som tryggjar helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på. Noreg har ambisiøse mål om å redusere forureiningar som skader helse og miljø. Det overordna målet inneber at forureining ikkje skal skade helse og miljø etter definisjonane i forureiningslova. Det er òg fastsett meir spesifikke mål for område som har særleg merksemd.
Det er for 2021 gjort nokre endringar i formuleringa av dei meir spesifikke nasjonale måla for forureining. Endringane er gjorde for å få tydeleg fram kva måla omfattar, mens ambisjonsnivået blir ført vidare.
For kjemikalieområdet er det gjort tydeleg at mykje av arbeidet spesielt rettar seg mot bruk og utslepp av kjemikaliar som er førte opp på den norske prioritetslista for miljøgifter og andre stoff som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø (www.miljostatus.no/prioritetslista). For tida er 66 stoff førte opp på lista.
Det er skilt ut eit eige mål for radioaktiv forureining for å få tydeleg fram breidda i arbeidet på området.
Trass i at nivået for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, er det likevel behov for ein særleg innsats framover både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte kjemikaliane.
Mange miljøgifter er forbodne, både i Noreg og i andre land. Det er difor lågare nivå av dei gamle miljøgiftene – som PCB og DDT – i til dømes fisk og skaldyr, enn for 20–30 år sidan.
Samtidig finn vi stadig nye miljøgifter, som bromerte flammehemmarar og fluorerte sambindingar (PFAS-ar), i norsk natur. Noko kjem av lokale utslepp, men ein god del kjem òg langvegs frå, med luft- og havstraumar frå andre land. Produkta vi omgir oss med, er òg ei viktig kjelde. For desse kjeldene er arbeidet under EØS-avtala og globale avtaler særleg viktig.
Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. Nærmare 2600 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomførte på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 7 ferdig eller nær ferdig rydda. I tillegg er det ferdig rydda i delar av to andre av dei høgast prioriterte områda.
Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.
For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast, og at utslepp av naturleg førekommande prioriterte miljøgifter skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gi skade, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dette nullutsleppsmålet er vidareført i Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene og gjeld for heile den norske sokkelen. Det er framleis behov for tiltak for å nå målet.
Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall gjenvunne eller levert til godkjent behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.
Det eine nasjonale målet for avfall er endra i tråd med regjeringa sitt mål om å sikre ei betre utnytting av ressursane. Dette er i tråd med utviklinga i andre land òg, mellom anna gjennom EUs reviderte rammedirektiv for avfall, der det er sett svært ambisiøse, bindande mål for førebuing til ombruk og materialgjenvinning av hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet. Dette er mål Noreg òg blir bunde av gjennom EØS-avtala. Endringa vil derfor i større grad synleggjere formålet med avfallspolitikken. Avfallsmåla slår fast at det er eit nasjonalt mål at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og at materialgjenvinning av avfall skal auke. Brutto nasjonalprodukt auka med 1,3 pst. frå 2017 til 2018, mens avfallsmengdene ikkje voks frå 2017 til 2018. Over tid har avfallsmengdene vakse raskare enn økonomien, men i perioden frå 2017 til 2018 har vi såleis nådd målet. Det er vidare eit mål at 80 pst. av avfallet skal sikrast god ressursutnytting gjennom materialgjenvinning og energiutnytting. I 2018 blei 64 pst. av avfallet material- eller energigjenvunne. Det er den lågaste delen på 13 år, og målet for gjenvinning er dermed heller ikkje nådd.
Regjeringa har som ambisjon at havområde og ferskvatn ikkje skal tilførast plastavfall og mikroplast. I Noreg er det forbod mot å forsøple. Internasjonalt er det etter forslag frå Noreg òg semje om å stanse all tilførsel av plastavfall og mikroplast til havet på sikt. Avfallsførebygging og god handtering av avfall er avgjerande for å førebyggje marin forsøpling. Ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av plast og mikroplast er sette i verk i Noreg, og fleire er under utgreiing og førebuing. Opprydding må òg prioriterast i kystnære område der det kan gjennomførast effektivt og med metodar som ikkje gir annan miljøskade.
Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til å fase ut bruken av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen.
Internasjonale avtaler har redusert tilførslane av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg i fleire tiår framover utan ytterlegare utsleppsreduksjonar. Nasjonalt har Noreg redusert utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Göteborgprotokollen og i EØS-avtala. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for at Noreg skal overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalene.
Både for nitrogendioksid (NO2) og svevestøv (PM10 og PM2,5) er det i tillegg til nasjonale mål, fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Grenseverdiane for svevestøv vart stramma inn frå 1. januar 2016, og i 2020 leverte Miljødirektoratet, Statens Vegvesen, Vegdirektoratet og Folkehelseinstituttet ei utgreiing på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet der dei tilrår ei ytterlegare skjerping av grenseverdiane for svevestøv (rapport M-1669/2020). Rapporten er til behandling i departementet.
Svevestøvnivåa har hatt ein nedgåande trend i fleire byar. Nivåa varierer likevel frå år til år og grenseverdien blir framleis overskriden i enkelte byar enkelte år. For NO2 heldt alle kommunar seg innanfor det nasjonale målet og grenseverdien for NO2 dei to siste åra.
Fleire kommunar har begynt å måle luftkvalitet, og nokre stader viser det seg å vere for høge støvnivå. I 2019 var det ingen overskridingar av grenseverdien for svevestøv PM10, men det nasjonale målet for PM10 på 20 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel vart overskride i to byområde (Oslo og Kristiansand). Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM2,5 i 2019, men åtte kommunar (Ringsaker, Bærum, Fredrikstad, Lørenskog, Moss, Oslo, Sarpsborg og Stavanger) overskreid det nasjonale målet på 8 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel.
Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999, er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarer kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag og står for over 80 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Noreg når i dag ikkje dei fastsette nasjonale måla for reduksjon av støyplage.
2.5 Klima
Nasjonale mål:
Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.
Noreg har under Parisavtala teke på seg ei forplikting om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med 1990.
Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.
Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.
Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gir eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ein meir berekraftig utvikling
Det er eit politisk mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.
Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.
Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk) og Stortingets behandling av stortingsmeldinga om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015) til Meld. St. 13 (2014–2015) Nye utslippsforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU), samtykkeproposisjonen om felles oppfylling med EU av utsleppsmålet for 2030 (Prop. 94 S (2018–2019)), stortingsmeldinga om klimatilpassing i Noreg (Meld. St. 33 (2012–2013)), proposisjonen om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)), lov om klimamål (klimalova) av 16. juni 2017 og Noregs innmelding av forsterka mål til Parisavtala den 7. februar 2020.
Boks 2.2 Ambisjonen for innanlandske utsleppskutt mot 2020
I klimaforliket frå 2008 vart det lagt til grunn at det kunne vere realistisk å ha eit mål om å redusere dei innanlandske klimagassutsleppa med 15–17 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med referansebanen slik den vart presentert i nasjonalbudsjettet 2007, når nettoopptak i skog vart inkludert med 3 millionar tonn CO2 i ein norsk utsleppsrekneskap for 2020. Dette vart i samband med behandlinga av energimeldinga (Innst. 401 S (2015–2016)) operasjonalisert, og det står at dei innanlandske utsleppa ikkje skal overstige 45–47 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Ambisjonen er basert på utsleppsrekneskapen frå 2007. For å ta omsyn til mellom anna endringar i retningslinjene for utsleppsberekningar er rekneskapen teknisk justert slik at intervallet no er endra til 46–48 millionar tonn (sjå KLDs budsjettproposisjon, Prop. 1 S (2019–2020)). Dette inkluderer ikkje skog. Eventuelle bidrag frå opptak i skog ville komme i tillegg og auke ambisjonsnivået utover dette. Med Kyotoprotokollens bokføringsreglar får Noreg nytte ein avgrensa del av opptaket i skogen til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020. Utslepp frå avskoging m.m. gjer at vi samla sett ikkje ventar at sektoren vil medverke til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020.
Ambisjonen om nasjonale utsleppsreduksjonar i 2020 i klimaforliket frå 2008 var basert på SFTs tiltaksanalysar (no Miljødirektoratet), eksisterande verkemiddelbruk og dei sektorvise klimahandlingsplanane. Det vart samstundes presisert at dei sektorvise måla var baserte på anslag, og at dei ville måtte revurderast dersom endringar i framtidige prognosar, kostnader, teknologiutvikling eller andre vesentleg endra føresetnader skulle tilseie det. I både klimaforliket frå 2008 og 2012 vart det peikt på at uvissa er stor når det gjeld den økonomiske og teknologiske utviklinga, og når det gjeld effekten av verkemiddel. I klimaforliket frå 2012 vart det understreka at teknologiutviklinga, kostnadene ved klimatiltak, folkeveksten, den økonomiske veksten og utsleppsutviklinga innanfor petroleumssektoren ville ha innverknad på når ambisjonen blir nådd. Det er usikkert kor stor verknad koronapandemien vil ha på dei totale utsleppa i 2020. Om utsleppa utviklar seg i tråd med siste framskriving ligg vi an til at utsleppa i 2020 er i overkant av 1 million tonn høgare enn ambisjonen. Miljødirektoratets vurderingar per 30. juni 2020 er at utsleppa kan gå ned med 0,4–1 million tonn CO2 samanlikna med 2019.
Noregs mål for 2020 blir følgt opp under Kyotoprotokollen. I februar 2020 melde Noreg inn eit nytt og forsterka klimamål for 2030 under Parisavtala, mens 40-prosentmålet for 2030 er meldt inn til FN som Noregs bidrag under Parisavtala og lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, er òg lovfesta i klimalova.
I Statistisk sentralbyrås førebelse utsleppsrekneskap var Noregs utslepp i 2019 på 50,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar, om lag 1,7 millionar tonn lågare enn året før (sjå tabell 2.2). Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 57 millionar tonn CO2-ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg vekst i folketalet og i økonomien. Klimagassutsleppa per person har gått ned frå over 12 tonn CO2-ekvivalentar per person i 2007 til under 10 tonn i 2019 (sjå figur 2.1).
Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgd av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2, og omtale i klimalovrapporteringa i del IV.
Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. Mill. tonn CO2-ekvivalentar (førebelse tal for 2019)
Mill. tonn 2019 | Endring i pst. | ||||
---|---|---|---|---|---|
Sidan 1990 | 2007–2019 | 2015–2019 | 2018–2019 | ||
Utslepp frå norsk territorium | 50,3 | -2,3 | -11,8 | -7,5 | -3,4 |
Av dette: | |||||
Olje- og gassutvinning | 13,9 | 70,2 | -8,1 | -6,5 | -1,7 |
Industri og bergverk | 11,7 | -40,7 | -19,3 | -1,9 | -2,1 |
Vegtrafikk | 8,4 | 16,4 | -14,9 | -16,3 | -7,7 |
Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m. | 7 | 20,6 | -9,4 | -7,8 | -6,5 |
Jordbruk | 4,4 | -6 | 0,6 | -0,4 | -0,7 |
Energiforsyning | 1,7 | 307,4 | 76,5 | -1,2 | -4,4 |
Oppvarming i andre næringar og hushald | 1 | -64,7 | -46,6 | 2 | 15,2 |
Andre kjelder | 2,2 | -17,1 | -16,2 | -22,2 | -3,9 |
Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.
Under Kyotoprotokollen har Noreg teke på seg ei utsleppsforplikting som inneber at Noreg skal syte for at dei årlege utsleppa av klimagassar i perioden 2013–2020 i gjennomsnitt er 16 pst. lågare enn Noregs utslepp i 1990. Kyotoprotokollen etablerer på denne måten eit utsleppsbudsjett for perioden 2013–2020 som er i tråd med 2020-målet om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar i 2020 tilsvarande 30 pst. av norske 1990-utslepp.
Klimaforliket frå 2008 gir ein ambisjon for kor stor del av 2020-målet som skal oppfyllast gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar. Ambisjonen er å redusere dei innanlandske utsleppa i 2020 frå eit berekna nivå på 60,6 millionar tonn ned til 46–48 millionar tonn, jf. boks 2.2 om ambisjonen om innanlandske utsleppskutt.
Den globale klimaavtala som vart vedteken i Paris i desember 2015, legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtala i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Sjå del I, Oppfølging av oppmodningsvedtak, for meir informasjon.
Noreg melde i februar 2020 inn eit forsterka klimamål under Parisavtala. Det inneber at Noreg har forplikta seg til å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtala med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. Dersom EU ikkje forsterkar sitt mål like mykje som Norge, vil den delen av målet som går lenger, vere avhengig av tilgang til samarbeid om utsleppsreduksjonar i andre land i tråd med reglane i Parisavtala.
Regjeringa vil at Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp skal reduserast med minst 45 pst. samanlikna med 2005. Regjeringa har som mål at reduksjonen skjer gjennom innanlandske tiltak, og planlegg for det. Om strengt nødvendig kan fleksibiliteten i EUs rammeverk nyttast. Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om klimaplan for 2021–2030. Meldinga vil vise korleis regjeringa planlegg utsleppskutt på minst 50 og opp mot 55 pst. i samarbeid med EU, og korleis innanlandske ikkje-kvotepliktige utslepp kan reduserast med 45 pst. Ei nærare omtale av klimamåla og klimaavtala med EU er å finne i klimalovrapporteringa i del IV.
For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa – ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende – er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming slik det er gjort greie for i Parisavtala artikkel 2 nr. 1 bokstav a (temperaturmålet).
Lov om klimamål (klimalova) lovfestar klimamåla for 2030 og 2050. Regjeringa rapporterer om arbeidet med å nå klimamåla for 2030 og 2050 i rapporteringa etter klimalova, sjå del IV i budsjettproposisjonen.
I tillegg til den nasjonale innsatsen medverkar Noreg til globale utsleppsreduksjonar gjennom mellom anna innsats for å bevare tropisk skog i utviklingsland. Innsatsen skjer gjennom Klima- og skoginitiativet, som er ein del av norsk offentleg bistand. Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008 og vart ført vidare i forliket i 2012. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) er det vedteke at initiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030. Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gir eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfold og ein meir berekraftig utvikling. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland konsentrert rundt verdas tre store regnskogbasseng: Amazonas, Kongobassenget/Sentral-Afrika og Indonesia.
For å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt prioriterer Noreg i tillegg samarbeid om utsleppsreduksjonar gjennom kvotekjøp og utvikling av nye marknadsmekanismar og gjennom tiltak mot kortliva klimaforureiningar.
Klima- og skoginitiativet og annan internasjonal innsats er nærmare omtalte i del II, programkategori 12.70.
Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane påverkar både natur og samfunn. Klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100 og Climate in Svalbard 2100 gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario og viser at vi med ein framleis rask auke i klimagassutsleppa mellom anna må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane bli hyppigare og større. På grunn av stigande havnivå vil òg fleire område knytte til Fastlands-Noreg som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida. På Svalbard vil permafrosten bli varmare over heile øya, og dei øvste metrane vil tine i kystområda.
Rapportane viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli langt mindre, sjølv om ein på Svalbard allereie har hatt ei kraftig oppvarming. Det er gitt ei utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i del IV.
2.6 Polarområda
Nasjonale mål:
Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet takast vare på tilnærma upåverka av lokal aktivitet.
Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.
Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.
Noreg har eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017). På Svalbard er no 65 pst. av landområdet og 87 pst. av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Samstundes har områda ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og fleire artar har hatt ein kraftig vekst etter tidlegare for sterk utnytting. Nokre av pattedyr- og fugleartane har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå.
Raske klimaendringar gir store utfordringar for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Rapporten Climate in Svalbard 2100 bereknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100 for å gi eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing.
Mindre is og villare vêr gir større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nær sjøen, står i fare for å rase i havet. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk verdi og/eller opplevingsverdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke ròteskadar eller erosjon. Målet er å sikre dei kulturminna med høgast prioritet i «Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023». For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, er det aktuelt å utføre dokumentasjon eller arkeologisk nødutgraving.
Det er viktig å beskytte villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er meir sårbare for belastninga av ferdsel. Regelverk knytt til ferdsel blir viktig. Nytt regelverk for forureining og avfall vil effektivisere arbeidet på dette feltet.
Noreg er medlem av Arktisk råd og medverkar til ei sirkumpolar, heilskapleg tilnærming for å handtere miljøutfordringane gjennom aktiv deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper.
Arktisk råd utarbeider omfattande vitskapeleg baserte vurderingar av klimaendringane og utviklinga av miljøtilstanden i Arktis. Dette arbeidet gir viktige bidrag til kunnskapen som ligg til grunn for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Under Arktisk råd blir det òg forhandla fram avtaler mellom dei arktiske landa, mellom anna om oljevern og samarbeid om forsking i Arktis.
Noreg og Russland har felles ansvar for forvaltning av miljø, artar og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt. Havmiljø og grensenært miljøvernsamarbeid er særskilt prioritert i samarbeidet under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen.
Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.
I Antarktis har Noreg, som part til Antarktistraktaten, òg forplikta seg til eit omfattande vern av miljøet. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samband med den viktige stillinga dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar.
Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda. Marine verneområde er viktige områdebaserte tiltak, mellom anna for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. I 2016 blei marine verneområde i Rosshavet vedtekne. Noreg deltek aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis, og Norsk Polarinstitutt vil i 2021 arbeide vidare med kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VIIs hav utanfor Dronning Mauds land, basert på data som vart samla inn under toktet til Sørishavet i Antarktis sørsommaren 2019.
Dei siste tiåra er det registrert betydeleg oppvarming over enkelte delar av Antarktis, og vi får nyhende om at store flak av isbremmane brekk av og driv til havs. Spesialrapporten om hav og is frå FNs klimapanel (Special Report on the Ocean and Cryosphere in a Changing Climate) frå september 2019, peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet og kva dette inneber for framtidig havnivåstiging og andre globale klima- og miljøspørsmål.
3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2021
Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 16 904,462 mill. kroner i 2021, mot 15 492,620 mill. kroner i 2020. Dette er ein netto auke på 1 411,842 mill. kroner, eller 9,1 pst. frå saldert budsjett 2020.
Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringa sine samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Klima- og miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.
Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet for å nå måla i Parisavtala, og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre. Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement.
Regjeringa vil halde fram den betydelege satsinga gjennom Enova i samband med ny fireårig styringsavtale for 2021–2024. Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar.
Regjeringa ønskjer å gjere økonomien meir sirkulær, for å halde verdiane av ressursane lenger i kretsløpet og bruke dei meir effektivt. Det blir føreslått å løyve 40 mill. kroner i 2021 til tiltak som vil medverke til overgangen til ein meir sirkulær økonomi. Tiltaka skal stimulere næringslivet gjennom ei meir effektiv ressursutnytting, avgrense negativ påverknad på klima- og miljø og bidra til fleire arbeidsplassar og betre lønnsemda i næringslivet.
Forsking og innovasjon er viktig for å skape ei grøn framtid. Regjeringa føreslår å styrkje satsinga på forsking og innovasjon for grøn omstilling med 50 mill. kroner.
Regjeringa er oppteken av å styrkje det lokale og regionale klimaarbeidet og føreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2021 med ei ramme for nye tilsegner på 100 mill. kroner. Ordninga skal fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Klima- og miljødepartementet tek sikte på at Longyearbyen lokalstyre kan søke om tilskot i 2021.
Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre, og eit satsingsområde i klimapolitikken til regjeringa. Regjeringa vil halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. Regjeringa føreslår å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 80 mill. kroner i 2021. Regjeringa føreslår òg å løyve 25 mill. kroner til vidareføring av Grønt skipsfartsprogram sitt arbeid med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip.
Klimaendringane aukar omfanget av vêr som samfunnet ikkje er budd på, og vêrhendingar som er vanskelege å føreseie. Regjeringa er oppteken av sikker og god varsling av farleg vêr i alle delar av landet og føreslår å byggje ein ny vêrradar på Finnmarksvidda i Kautokeino kommune. Vêrradaren vil gi god overvaking av nedbøren i heile Finnmark og vere ein viktig reiskap spesielt for å varsle ekstremvêr og flaum.
Regjeringa vil ta vare på naturen og økosystema våre. Arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, hindre tap av artar og naturtypar og sikre eit representativt utval av natur for kommande generasjonar held fram i 2021. Regjeringa tek ei aktiv rolle i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald etter 2020 under konvensjonen om biologisk mangfald. Forhandlingane er venta sluttførte i 2021.
Midlar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging og overvaking blir førte vidare på om lag same nivå som i 2020. Eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfald er avgjerande i arbeidet med ei økosystembasert forvaltning.
Stortingets behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet er grunnlaget for arbeidet med å ta vare på norsk natur. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til kunnskap for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av naturen med 5 mill. kroner. Vidare blir det føreslått å auke løyvinga til å følgje opp ny heilskapleg plan for Oslofjorden med 5 mill. kroner. Regjeringa er oppteken av å motverke miljøkriminalitet og føreslår å løyve 3 mill. kroner til å følgje opp ny stortingsmelding om miljøkriminalitet. Kommunane har ei særleg viktig rolle i arealplanlegginga, og regjeringa føreslår å etablere ei ny tilskotsordning der kommunar kan søkje om midlar til å lage kommunedelplanar for natur.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrkje friluftslivet gjennom sikring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle. Ordninga med nasjonale turiststiar vil bli utvikla vidare med sikte på å betre tryggleiken og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på. Tilskot til utvikling av grøntområde i områdesatsingane i Oslo blir førte vidare.
Det grunnleggjande arbeidet for å motverke forureiningar vil halde fram. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med plastforureining, mellom anna gjennom å vidareføre Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet og få på plass ei ny global avtale. Regjeringa føreslår òg å føre vidare tilskotsordninga til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid.
Regjeringa vil styrkje arbeidet med å rydde opp i forureina sjøbotn og føreslår å løyve 30 mill. kroner i 2021 til oppstart av opprydding i Hammerfest hamn. Det treårige prosjektet er eit samarbeid mellom Hammerfest kommune, Hammerfest Havn KF og Kystverket. Massane som blir fjerna vil bli deporterte og danne fundament til ny sentrums- og hurtigrutekai og ny fiskerikai, som er eit viktig samferdselprosjekt for Hammerfest.
Kulturarven representerer vår felles historie, har store økonomiske og kulturelle verdiar, og medverkar til identitet og fellesskapskjensle. Regjeringa la fram Meld. St. 16 (2019–2020) for Stortinget våren 2020, med nye nasjonale mål på resultatområdet kulturminne og kulturmiljø. Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold legg vekt på kulturmiljø som ein ressurs i samfunnsutviklinga og på kulturmiljøforvaltninga som ein del av den heilskaplege klima- og miljøforvaltninga. I oppfølginga av meldinga skal det mellom anna utviklast bevaringsstrategiar for utvalde tema, arbeidet med ny kulturmiljølov skal startast opp, og det skal gjennomførast tiltak for å vise fram kulturarvens bidrag for å nå FNs berekraftsmål. Noko av dette arbeidet vil bli påbegynt i 2021, men halde fram i dei kommande åra. Oppfølging av kulturmiljømeldinga og regionreforma vil vere ei hovudprioritering i 2021.
For 2021 er det føreslått 7,9 mill. kroner til å ferdigstille undersøkinga av Gjellestadskipet i Halden kommune, som blei starta i 2020, med ein estimert kostnad på 23,5 mill. kroner.
I perioden 2017–2021 er Noreg valt inn som medlem av Unescos verdsarvkomité. Klima- og miljødepartementet vil i denne perioden fokusere særskilt på det internasjonale ansvaret for verdsarvkonvensjonen. Noreg vil gjere ein særleg innsats for å sikre god forvaltning i land med små ressursar, å sikre ein god balanse på verdsarvlista og å arbeide for å betre den økonomiske situasjonen.
Samstundes held det nasjonale arbeidet fram for å styrkje lokal kunnskap og lokal forvaltning. Arbeidet med gjennomføringa av prioritetsplanen for verdsarvsenter (2017–2026) ved dei norske verdsarvområda er viktig her.
Internasjonal kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit anna innsatsområde som er prioritert innanfor verdsarvpolitikken. Klima- og miljødepartementet har inngått ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature (IUCN) og The International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM) med dette som mål.
I tråd med regjeringas og Stortingets føringar for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtaler som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, og samtidig støttar berekraftig utvikling i skoglanda. I 2021 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for utsleppsreduksjonar i Indonesia, Colombia og Gabon, og potensielt òg i Peru. I 2021 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda, og å auke privat næringsliv sin innsats for redusert avskoging, ikkje minst i lys av covid-19-pandemien og dei økonomiske utfordringane pandemien har skapt i skoglanda. I 2019 og 2020 blei det løyvd 200 mill. kroner til innkjøp og bruk av høgoppløyselege satellittbilde. Løyvinga blir vidareført i 2021.
Det blir føreslått å løyve 280 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2021 til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2021.
Det er ein særs viktig del av det nasjonale og det internasjonale forskingssamarbeidet å auke kunnskapen om klimaendringane i Antarktis. Ein forventar at klimaendringar og issmelting i Antarktis vil få følgjer for oppvarminga av verdshava, havnivåstigninga og til sist, for klima i verda. Trollstasjonen skal vere ein sikker og robust heilårsstasjon for norsk forsking, overvaking og permanent norsk nærvær i Antarktis. For å dekkje auka utgifter knytte til drivstoff, fly- og skipstransporttenester, blir det føreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Effektivisering m.m.
Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma skal gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførte til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 20 mill. kroner på driftspostane.
4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet
For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 2 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.
Det er samstundes viktig å understreke at klima- og miljøpolitikken ikkje først og fremst er løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining.
Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar satsingar på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative verknader av klimaendringane. Det er ikkje enkelt å avgrense utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngivast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Tiltaka er òg svært ulike. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre har meir direkte verknader. Tabellane og beløpa under må difor tolkast med varsemd og bør berre sjåast som ei omtrentleg oversikt over dei viktigaste nye klima- og miljøpolitiske satsingane til regjeringa.
Tabell 4.1 Viktige satsingar i statsbudsjettet for 2021 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2020)
(i 1000 kroner) | ||
---|---|---|
Tiltak | Kap. og post | Utgifter |
Oppfølging av kommande strategi for sirkulær økonomi | 1400.76 | 40 000 |
Forsking og innovasjon for grøn omstilling | 1410.50 og 51 | 50 000 |
Vêrradar på Finnmarksvidda | 1412.50 | 27 800 |
Innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar | 1420.62 | 80 0001 |
Styrkt arbeid for å ta vare på naturmangfald | 1410.22, 1420.21, 31 og 60 | 15 000 |
Klimasats | 1420.61 | 100 0002 |
Opprydding av forureina sjøbotn i Hammerfest hamn | 1420.69 | 128 5003 |
Vidareføring Grønt skipsfartsprogram – grøn flåtefornying av lasteskip | 1422.70 | 25 000 |
Styrkt drift av forskingsstasjonen Troll | 1471.21 | 15 000 |
1 Regjeringa føreslår å føre vidare ordninga med utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband i 2021 med ei ramme for nye tilsegner på 80 mill. kroner.
2 Regjeringa føreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2021 med ei ramme for nye tilsegner på 100 mill. kroner.
3 Det forutsetjast statleg stønad til gjennomføring av opprydjing av miljøgifter i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn på totalt 128,5 mill. kroner, med 30 mill. kroner i 2021 og fullmakt på 98,5 mill. kroner for utbetaling i 2022 og 2023.
Tabell 4.2 Viktige satsingar i statsbudsjettet for 2021 med tydeleg klima- og miljøgevinst, på andre departement sine område
(i 1 000 kroner) | ||
---|---|---|
Tiltak | Departement | Utgifter |
Istandsetting av klimaskall for kirker fra før 1850 | BFD | 50 000 |
Skredsikring i Longyearbyen | JD | 40 000 |
Deltaking i Horisont Europa 2021–2027 | KD, m.fl. | 827 000 |
Omlegging til låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar i fylkeskommunane | KMD | 100 000 |
Forsking: Matsystem – klimatilpassa og berekraftige | LMD | 20 000 |
Grøn plattform | NFD | 333 000 |
Innovasjonslån – vidareføring av særskild ramme for nærskipsfart og fiskefartøy | NFD | 600 000 |
Marin forsking | NFD | 4 600 |
Deltaking i EUs program for romverksemd – Space | NFD | 204 500 |
Utvikling av knutepunkt og leveransekjeder for hydrogen | OED | 100 000 |
Langskip –fangst og lagring av CO2 | OED | 2 272 000 |
Auka statleg tilskot til store kollektivprosjekt | SD | 560 000 |
Transport i byområde – konkurranse Smartare transport | SD | 16 800 |
Tilskot til byområde | SD | 154 800 |
Rasjonell framdrift jernbaneprosjekt, drift, vedlikehald jernbane, m.m. | SD | 5 400 000 |
Tilskot til overføring av gods fra vei til sjø mv. | SD | 95 700 |
Testfasilitetar for oljevern på Fiskebøl | SD | 25 000 |
Regjeringa vil føre ein offensiv klima- og miljøpolitikk og medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi. Som det går fram av tabell 4.1 og 4.2, er klima eit hovudsatsingsområde for regjeringa.
For ein omtale av klima- og miljøpolitikken til dei ulike departementa, sjå kapittel 8 i denne proposisjonen. Alle departementa har òg ein eigen klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.
Under er ein kort omtale av satsingane i forslag til statsbudsjett for 2021. Ein nærmare omtale er å finne i fagproposisjonane frå dei ulike departementa. Satsingsforslaga til Klima- og miljødepartementet er omtala i kapittel 3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2021.
Auka satsing på forsking og utvikling
Deltaking i Horisont Europa 2021–2027
Regjeringa vil dekkje Noregs kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont Europa) på 827 mill. kroner over budsjetta til Kunnskapsdepartementet med fleire departement. Det er føreslått rammeoverføring på til saman 102 mill. kroner frå desse departementa til KD. Programmet vil ha ei vesentleg vektlegging av forsking på klima- og miljø, på same måte som det noverande rammeprogrammet, Horisont 2020. Deltaking i programmet gir norske forskingsmiljø samarbeidsmoglegheiter med dei beste miljøa i Europa. European Green Deal vil styre mykje av EUs politikk dei neste åra og forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa er sentralt for å sikre gjennomføring.
Deltaking i EUs program for romverksemd – Space
Regjeringa vil dekkje deltaking i EUs program for romverksemd, Space, med 204,5 mill. kroner over NFDs budsjett. Dette programmet er viktig for overvaking av klima og utvikling av istjukkleik og havnivå og for overvaking av miljø i havet, i luft og på land med satellittar. Deltakinga gir Noreg dei beste overvakingsdata, og tenester baserte på dette. I tillegg gir deltakinga ein gjennomgåande kompetanse og innovasjonsgevinst som er viktig for grøn omstilling gjennom kunnskap og utviklingsarbeid mellom Europa og Noreg på rominfrastruktur.
Matsystem – klimatilpassa og berekraftige
Regjeringa vil styrkje forsking på berekraftige og klimavennlege matsystem med 20 mill. kroner over LMDs budsjett til finansiering av utvalde program innanfor mellom anna bioøkonomi og agronomi under Noregs forskingsråd. Dette blir eit viktig bidrag i den grøne omstillinga for matsystem.
Grøn plattform
Som ein del av COVID-19 – tiltaka løyva regjeringa ein grøn omstillingspakke «Grønn plattform» i 2020. Den inneheld 1 mrd. kroner fordelt over perioden 2020–2022. I 2021 vil 333 mill. kroner av «Grønn plattform» bidra til fornying av næringslivet. Midla blir disponert av Noregs forskningsråd, Innovasjon Noreg og SIVA.
Innovasjonslån, videreføring av særskild ramme for nærskipsfart og fiskefartøy
Regjeringa føreslår at den særskilte ramma for innovasjonslån for nærskipsfart og fiskefartøy på 600 mill. kroner vidareførast i 2021.
Marin forsking
Regjeringa føreslår å styrkje marin forsking med 4,6 mill. kroner. Satsinga skal gi styrkt rådgiving for hausting på datafattige bestandar av fisk og andre marine organismar. Det vil òg styrkje grunnlaget for å svare opp forvaltningsprinsippet frå havressurslova om regelmessig å gjere bestandsvurderingar av alle bestandar som blir hausta.
Langskip - fangst og lagring av CO2
Regjeringa føreslår for Stortinget å gi 2 275 mill. kroner i støtte til gjennomføring av eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Prosjektet har fått namnet Langskip. Regjeringa føreslår å realisere Norcem som første CO2-fangstprosjekt og deretter Fortum Oslo Varmes CO2-fangstprosjekt, under føresetnad at Fortum Oslo Varme får tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder. Transport og lagerdelen av prosjektet vil bli gjennomført av Northern Lights, eit konsortium bestående av Equinor, Shell og Total.
Rapportane til FN sitt klimapanel og Det internasjonale energibyrået (IEA) viser at det vil vere naudsynt med fangst og lagring av CO2 for å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mogleg kostnadar.
Grønare transport
Omlegging til låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar i fylkeskommunane
Regjeringa føreslår at 100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane blir sett av til utgifter knytte til omlegginga til låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar.
Auka statleg tilskot til store kollektivprosjekt
I arbeidet med å nå nullvektsmålet prioriterer regjeringa midlar til store kollektivprosjekt i dei fire største byområda.
Transport i byområde – Konkurranse Smartare transport
Regjeringa foreslår å løyve 16,8 mill. kroner til konkurransen Smartere transport. Ordninga skal bidra til framtidsretta forslag til meir effektive og framtidsretta mobilitetsløysingar.
Tilskot til byområde
Løyvinga går til ulike tilskot knytt til bymiljø/byvekstavtalar og belønningsavtalar.
Rasjonell framdrift jernbaneprosjekt, drift, vedlikehald jernbane, med meir
Regjeringa aukar løyvingane til jernbana med 5,4 mrd. kroner. I dette ligg mellom anna 4,1 mrd. kroner til rasjonell gjennomføring av jernbaneprosjekt. Regjeringa legg til rette for rasjonell framdrift i igangsatte byggjeprosjekt, auka kapasitet på Bergensbanen og InterCity på Follobanen, Dovrebanen, Østfoldbanen og Vestfoldbanen. Viktige strekningar på Trønderbanen og Meråkerbanen skal bli elektrifisert i løpet av dei neste åra. 14 nye hybridtog blir tatt i bruk i Trøndelag i 2021.
Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til drift og vedlikehald på jernbane, mellom anna til rasjonell framdrift til ERTMS. Nytt signalsystem vil auke kapasiteten og gi eit betre jernbanetilbod.
Utvikling av knutepunkt og leveransekjeder for hydrogen
Det løyvast 100 mill. kroner for å følgje opp regjeringa si hydrogenstrategi, med særleg vekt på å utvikle og etablera infrastruktur med vekt på knutepunkt og leveransekjeder som legg til rette for kommersiell bruk av hydrogen. For å nytte midla best mogleg blir det lagt opp til at Noregs forskningsråd og Enova samarbeid om å innrette satsinga og har dialog med aktuelle aktørar.
Tilskot til overføring av gods frå veg til sjø mv.
Til ulike tilskot som skal stimulere til overføring av gods frå veg til sjø foreslår regjeringa å løyve i alt 95,7 mill. kroner.
Andre viktige satsingar
Tilskot til istandsetjing av kyrkjebygg frå før 1850
Regjeringa vil gi tilskot til istandsetjing av kyrkjebygg frå før 1850. Midla skal gå til klimaskal eller rørovner.
Skredsikring i Longyearbyen
Regjeringa føreslår å løyve 40 mill. kroner til forsering og fullføring av NVE sitt arbeid med skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen, til ønsket sikringsnivå.
Testfasilitetar for oljevern på Fiskebøl
Regjeringa føreslår å løyve 25 mill. kroner til oppstart av etablering av fasilitetar for testing av oljevernteknologi på Fiskebøl i Hadsel kommune i Vesterålen.
5 Oversiktstabellar
5.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa føreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 16 904,462 mill. kroner på utgiftssida og 2 028,893 mill. kroner på inntektssida.
Våren 2020 blei det vedteke å utsetje lønnsoppgjeret dette året for det statlege tariffområdet til hausten 2020. Som følgje av dette er verknader for 2021-budsjettet av inneverande året sitt lønnsoppgjer for tilsette i det statlege tariffområdet førebels ikkje innarbeidd i departementa sine budsjettrammer. Oppgjeret starta tysdag 1. september. Regjeringa vil kome tilbake til verknader for 2021-budsjettet av oppgjeret.
5.2 Utgifter
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1400 | Klima- og miljødepartementet | 673 225 | 664 655 | 684 917 | 3,0 |
1410 | Kunnskap om klima og miljø | 948 371 | 1 022 671 | 1 112 059 | 8,7 |
1411 | Artsdatabanken | 71 380 | 69 375 | 69 554 | 0,3 |
1412 | Meteorologiformål | 466 216 | 485 762 | 523 114 | 7,7 |
Sum kategori 12.10 | 2 159 192 | 2 242 463 | 2 389 644 | 6,6 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1420 | Miljødirektoratet | 4 115 786 | 5 269 322 | 6 379 596 | 21,1 |
1422 | Miljøvennleg skipsfart | 12 388 | 33 894 | 40 100 | 18,3 |
1423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 27 589 | 28 518 | 28 772 | 0,9 |
1425 | Fisketiltak | 16 819 | 17 244 | 16 060 | -6,9 |
1428 | Enova SF | 3 215 907 | 3 184 450 | 3 315 744 | 4,1 |
Sum kategori 12.20 | 7 388 489 | 8 533 428 | 9 780 272 | 14,6 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1429 | Riksantikvaren | 691 516 | 679 566 | 689 104 | 1,4 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 116 320 | 126 362 | 129 740 | 2,7 |
Sum kategori 12.30 | 807 836 | 805 928 | 818 844 | 1,6 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 322 488 | 328 119 | 341 699 | 4,1 |
1472 | Svalbards miljøvernfond | 21 203 | 20 658 | 20 658 | 0,0 |
1473 | Kings Bay AS | 32 259 | 34 893 | 36 010 | 3,2 |
1474 | Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking | 52 791 | 52 703 | 53 345 | 1,2 |
Sum kategori 12.60 | 428 741 | 436 373 | 451 712 | 3,5 |
Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1481 | Klimakvotar | 181 621 | 293 312 | 283 372 | -3,4 |
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | 3 216 859 | 3 181 116 | 3 180 618 | 0,0 |
Sum kategori 12.70 | 3 398 480 | 3 474 428 | 3 463 990 | -0,3 |
5.3 Inntekter
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4400 | Klima- og miljødepartementet | 2 148 | 31 020 | 34 516 | 11,3 |
4411 | Artsdatabanken | 659 | 428 | 420 | -1,9 |
Sum kategori 12.10 | 2 807 | 31 448 | 34 936 | 11,1 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4420 | Miljødirektoratet | 148 327 | 150 813 | 148 655 | -1,4 |
4423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 226 | 1 000 | 1 027 | 2,7 |
5578 | Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet | 741 457 | 709 460 | 708 264 | -0,2 |
Sum kategori 12.20 | 890 010 | 861 273 | 857 946 | -0,4 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4429 | Riksantikvaren | 6 895 | 6 141 | 6 337 | 3,2 |
Sum kategori 12.30 | 6 895 | 6 141 | 6 337 | 3,2 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4471 | Norsk Polarinstitutt | 100 160 | 89 615 | 86 821 | -3,1 |
5578 | Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet | 20 456 | 20 670 | 20 670 | 0,0 |
Sum kategori 12.60 | 120 616 | 110 285 | 107 491 | -2,5 |
Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4481 | Sal av klimakvotar | 4 908 388 | 8 288 459 | 1 022 183 | -87,7 |
Sum kategori 12.70 | 4 908 388 | 8 288 459 | 1 022 183 | -87,7 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
01–01 | Driftsutgifter | 1 549 001 | 1 562 847 | 1 562 065 | -0,1 |
11–25 | Varer og tenester | 1 515 654 | 1 688 150 | 1 700 653 | 0,7 |
30–49 | Nybygg, anlegg m.v. | 627 508 | 611 559 | 615 003 | 0,6 |
50–59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 4 217 388 | 4 258 998 | 4 505 471 | 5,8 |
60–69 | Overføringar til kommunar | 216 246 | 295 154 | 363 386 | 23,1 |
70–89 | Overføringar til private | 6 056 956 | 7 075 912 | 8 157 884 | 15,3 |
Sum under departementet | 14 182 753 | 15 492 620 | 16 904 462 | 9,1 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
01–29 | Sal av varer og tenester m.v. | 5 166 803 | 8 567 476 | 1 299 959 | -84,8 |
50–91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 761 913 | 730 130 | 728 934 | -0,2 |
Sum under departementet | 5 928 716 | 9 297 606 | 2 028 893 | -78,2 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2020 | Forslag 2021 |
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 5 162 | |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 153 178 | |
1410 | 23 | MAREANO | 46 800 | |
1411 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 10 249 | |
1411 | 70 | Tilskot til arter og naturtypar | 26 666 | |
1420 | 23 | Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd | 147 535 | |
1420 | 61 | Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing | 224 244 | |
1420 | 62 | Tilskot til grøn skipsfart | 13 820 | |
1420 | 69 | Oppryddingstiltak | 92 962 | |
1420 | 70 | Tilskot til vassmiljøtiltak | 40 792 | |
1420 | 71 | Marin forsøpling | 70 290 | |
1420 | 73 | Tilskot til rovvilttiltak | 80 426 | |
1420 | 78 | Friluftsformål | 180 776 | |
1420 | 79 | Oppryddingstiltak | 450 | |
1420 | 81 | Naturarv og kulturlandskap | 67 933 | |
1420 | 82 | Tilskot til truga arter og naturtypar | 42 806 | |
1420 | 83 | Tilskot til tiltak mot framande arter | 4 000 | |
1420 | 85 | Naturinformasjonssenter | 77 826 | |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 15 960 | |
1429 | 22 | Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning | 31 115 | |
1429 | 70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne | 41 064 | |
1429 | 71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap | 159 015 | |
1429 | 72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne | 58 045 | |
1429 | 73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring | 57 575 | |
1429 | 74 | Tilskot til fartøyvern | 65 972 | |
1429 | 75 | Tilskot til fartøyvernsenter | 16 459 | |
1429 | 77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde | 8 232 | |
1429 | 79 | Tilskot til verdsarven | 64 690 | |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 100 354 | |
1474 | 50 | Tilskot til statlege mottakarar | 24 533 | |
1474 | 70 | Tilskot til private mottakarar | 28 812 | |
1481 | 01 | Driftsutgifter | 3 062 | |
1481 | 22 | Kvotekjøp, generell ordning | 280 000 | |
1481 | 23 | Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser | 310 | |
1482 | 73 | Klima- og skogsatsinga | 3 081 543 |
6 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er det gjort greie for oppfølging av oppmodingsvedtak under Klima- og miljødepartementet. Tabell 6.1 og påfølgjande utdjupande tekst inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2019–2020 og alle vedtak frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje vart avslutta i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2019–2020), og dessutan dei vedtaka som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 373 S (2019–2020) meinte ikkje var kvitterte ut. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande framstilte under det aktuelle programområdet i proposisjonen. Det vil i desse tilfella vere ei tilvising til denne teksten.
I kolonne 4 tabell 6.1 er det opplyst om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no er avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i neste års budsjettproposisjon. Rapportering på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, til dømes proposisjon, stortingsmelding, utgreiing e.l., vil normalt bli avslutta først når saka er lagd fram for Stortinget.
Sjølv om det i tabellen er ført opp at rapporteringa er avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å ta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne strekkje seg over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli halde orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.
Tabell 6.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering avslutta (ja/nei) |
---|---|---|---|
2019–2020 | 379 | Forvaltning av bjørnebestanden i tråd med den todelte målsetjinga | Ja |
2019–2020 | 469 | Oppfølging av handlingsplanen for grøn skipsfart – finansieringsprogram for nærskipsfart | Ja |
2019–2020 | 470 | Utviklingskontraktar for nullutsleppshurtigbåtar | Ja |
2019–2020 | 539 | Endring av reglar for bruk av snøskuter til hytte | Ja |
2019–2020 | 540 | Endring av reglar for bruk av snøskuter til hytte | Ja |
2019–2020 | 541 | Endring av reglar for bruk av snøskuter til hytte | Ja |
2019–2020 | 644 | Endringar i naturmangfaldlova (nødverje til forsvar for bufe m.v. og etablering av Rovviltklagenemnd) | Ja |
2019–2020 | 645 | Endringar i naturmangfaldlova (nødverje til forsvar for bufe m.v. og etablering av Rovviltklagenemnd) | Ja |
2019–2020 | 708 | Nye mål i kulturmiljøpolitikken | Nei |
2018–2019 | 383 | Erstatningsreglane for tap av beitedyr til rovvilt | Nei |
2017–2018 | 204 | Stortingsmelding om kulturminnefeltet | Ja |
2017–2018 | 205 | Nasjonale mål på kulturminnefeltet | Ja |
2017–2018 | 480 | Nasjonale mål for avfallsførebygging, materialgjenvinning og gjenbruk | Ja |
2017–2018 | 481 | Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar | Nei |
2017–2018 | 482 | Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap | Nei |
2017–2018 | 485 | Krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall | Nei |
2017–2018 | 486 | Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall | Nei |
2017–2018 | 487 | Reinsing av flygeoske | Nei |
2017–2018 | 489 | Matkastelov | Nei |
2017–2018 | 490 | Fosforgjenvinning | Nei |
2017–2018 | 491 | Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbaner | Nei |
2017–2018 | 492 | Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast | Nei |
2017–2018 | 493 | Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi | Nei |
2017–2018 | 496 | EØS-mål for gjenvinning av avfall frå bygg- og anleggsnæringa | Nei |
2017–2018 | 498 | Arbeide for å utfase unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast | Nei |
2017–2018 | 502 | Pålegg om utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall | Nei |
2017–2018 | 503 | Handlingsplan for kretsløpsøkonomi | Nei |
2017–2018 | 575 | Heilskapleg plan for Oslofjorden | Nei |
2017–2018 | 661 | Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip | Nei |
2017–2018 | 671 | Kutt i klimagassutslepp – sektorvise ambisjonar | Nei |
2017–2018 | 672 | Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m. | Nei |
2017–2018 | 674 | Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar | Nei |
2017–2018 | 764 | Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagde undersøkingar | Ja |
2017–2018 | 815 | Oppmjukingar i lov om motorferdsel i utmark | Nei |
2016–2017 | 19 | Omsetningskrav for bruk av berekraftig drivstoff i skipsfart | Nei |
2016–2017 | 108, punkt 8 | E10 som ny bransjestandard for bensin | Ja |
2016–2017 | 529 | Gratis levering av marint avfall | Nei |
2016–2017 | 591 | Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv | Nei |
2016–2017 | 722 | Plan for vedlikehaldsetterslepet på kulturminne | Ja |
2016–2017 | 907 | Leggje fram heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde | Nei |
2016–2017 | 909 | Leggje fram fagleg oppdatert avgrensing av heile iskantsona inkludert «Vesterisen» | Ja |
2016–2017 | 910 | Eventuell ny definisjon av iskanten i revidering av forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten | Ja |
2016–2017 | 914 | Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk | Nei |
2016–2017 | 1105 | Fossilfrie anleggsprosjekt | Nei |
2015–2016 | 668 | Leggje fram plan for marine verneområde | Nei |
2015–2016 | 669 | Klargjering av kva som er god tilstand, og kva areal som er å rekne som forringa økosystem | Nei |
2015–2016 | 670 | Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål | Nei |
2015–2016 | 674 | Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl | Nei |
2015–2016 | 677 | Kvalitetsnorm for villrein | Ja |
2015–2016 | 681 | Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt | Nei |
2015–2016 | 897 | Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030 | Nei |
Stortingssesjon 2019–2020
Forvaltning av bjørnebestanden i tråd med den todelte målsetjinga
Vedtak nr. 379, 3. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen om å sikre at bjørnebestanden, herunder bjørnebinner blir forvaltet med utgangspunkt i den todelte målsettingen, slik at skille og forvaltningen mellom rovviltprioriterte områder og beiteprioriterte områder ikke endres fra vedtakene i rovviltforliket.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Dokument 8:7 S (2019–2020) Representantforslag om etterlevelse av rovviltforlikets bestemmelser om beiteprioriterte områder og yngleområder for bjørn, Innst. 152 S (2019–2020).
Klima- og miljødepartementet følgjer opp vedtaket i den løpande forvaltninga av bjørn.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Oppfølging av handlingsplanen for grøn skipsfart – finansieringsprogram for nærskipsfart
Vedtak nr. 469, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen som en oppfølging av strategien for grønn skipsfart doble rammen for oppfølging av handlingsplanen for grønn skipsfart med 100 mill. kroner, og legge til et finansieringsprogram for nærskipsflåten senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet), jf. Innst. 216 S (2019–2020), jf. romartalsvedtak XXV.
I Prop. 127 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020(økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet) gjer regjeringa greie for oppfølginga av vedtaket og ser på vedtaket som utkvittert. Sjå omtale i kapittel 6, forslag under det enkelte departementet, underkapittel 6.13 Nærings- og fiskeridepartementet, og kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 54, s. 86. Stortinget behandla saka med utgangspunkt i Innst. 360 (2019–2020) 17. juni 2020. Finanskomiteen hadde ingen merknad.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Utviklingskontraktar for nullutsleppshurtigbåtar
Vedtak nr. 470, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020 komme tilbake med forslag til hvordan det offentlige kan sette i gang utviklingskontrakter for nullutslippshurtigbåter.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet), jf. Innst. 216 S (2019–2020), jf. romartalsvedtak XXVI.
I Prop. 127 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet)gjer regjeringa greie for oppfølginga av vedtaket og ser på vedtaket som utkvittert. Sjå omtale i kapittel 6, forslag under det enkelte departementet, underkapittel 6.11 Klima- og miljødepartementet, og kap. 1420 Miljødirektoratet, post 61, s. 91. Stortinget behandla saka med utgangspunkt i Innst. 360 (2019–2020) 17. juni 2020. Finanskomiteen hadde ingen merknad.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Endring i reglar for bruk av snøskuter til hytte
Vedtak nr. 539, 5. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen endre forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag slik:
§ 5c skal lyde:eier av hytte for transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte når hytta ikke ligger tilknyttet brøytet bilveg.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Innst. 219 S (2019–2020), jf. Dok 8:55 S (2019–2020).
Utkast til forskriftsendring har vore på høyring med høyringsfrist 1. august 2020. Endring i forskrifta er vedteken i september 2020.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Endring i reglar for bruk av snøskuter til hytte
Vedtak nr. 540, 5. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen sørge for at endring av forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag gjøres gjeldende fra 1. oktober 2020.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Innst. 219 S (2019–2020), jf. Dok 8:55 S (2019–2020).
Utkast til forskriftsendring har vore på høyring med høyringsfrist 1. august 2020. Endring i forskrifta er vedteken i september 2020.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Endring i reglar for bruk av snøskuter til hytte
Vedtak nr. 541, 5. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen sørge for at forskriftsendringen fører til forenklinger i regelverket og økt kommunalt selvstyre.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Innst. 219 S (2019–2020), jf. Dok 8:55 S (2019–2020).
Utkast til forskriftsendring har vore på høyring med høyringsfrist 1. august 2020. Endring i forskrifta er vedteken i september 2020.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Endringar i naturmangfaldlova (nødverje til forsvar for bufe m.v. og etablering av Rovviltklagenemnd)
Vedtak nr. 644, 3. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen opprettholde dagens klageordning med klar politisk forankring hos ansvarlig statsråd.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop 90 L (2019–2020, jf. Innst. 305 L (2019–2020) Endringer i naturmangfoldloven, lovvedtak 121 (2019–2020).
Klima- og miljødepartementet gjer ikkje endringar i dagens klageordning.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Endringaer i naturmangfaldlova (nødverje til forsvar for bufe m.v. og etablering av Rovviltklagenemnd)
Vedtak nr. 645, juni 2020
«Stortinget ber regjeringen opprettholde dagens inndeling i 8 rovviltnemnder.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop 90 L(2019–2020, jf. Innst. 305 L (2019–2020) Endringer i naturmangfoldloven, lovvedtak 121 (2019–2020).
Klima- og miljødepartementet gjer ikkje endringar i rovviltforskrifta. Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Nye mål i kulturmiljøpolitikken
Vedtak 708, 16. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en av de nye bevaringsstrategiene skal handle om kirker, og at det i den forbindelse legges til grunn en målsetting om at alle steinkirker fra middelalderen skal ha ordinært vedlikeholdsnivå innen 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjemet, bærekraft og mangfold, if. Innst. 379 S (2019–2020).
Klima- og miljødepartementet arbeider med å følje opp Meld. St.16 (2019–2020). Utvikling av bevaringsstrategiane er ei prioritert oppgåve som er igangsett hausten 2020. Kva tema som skal prioriterast vil bli avklart som ein del av prosessen. Korleis kyrkjer skal inkluderast i dette arbeidet vil inngå i vurderinga.
Stortingssesjon 2018–2019
Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt
Vedtak nr. 383, 31. januar 2019
«Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av erstatningsordningene for tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordningen (FKT) og rapportere til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Dokument 8:239 S (2017–2018) Representantforslag om erstatningsreglene ved tap av beitedyr til rovvilt, Innst. 140 S (2018–2019).
Departementet er i gang med oppfølginga av dette vedtaket. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Stortingssesjon 2017–2018
Stortingsmelding om kulturminnefeltet
Vedtak nr. 204, 12. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om kulturminnefeltet.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).
Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold ble behandlet i Stortinget 15. juni 2020, jf. vedtak datert 16. juni 2020.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Nasjonale mål på kulturminnefeltet
Vedtak nr. 205, 12. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen vente med å realitetsbehandle endrede nasjonale mål til stortingsmeldingen om kulturminnefeltet er behandlet.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).
Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold blei behandla i Stortinget 15. juni 2020, jf. vedtak datert 16. juni 2020. I denne meldinga presenterer regjeringa tre nye nasjonale mål.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Nasjonale mål for avfallsførebygging, materialgjenvinning og gjenbruk
Vedtak nr. 480, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen sette nasjonale mål for avfallsforebygging, materialgjenvinning og gjenbruk i tråd med EUs sirkulære økonomipakke.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.
Nasjonalt resultatmål om materialgjenvinning er utarbeidd og blir lagt fram for Stortinget i statsbudsjettet for 2021. I oppmodingsvedtaket blir det òg bedt om nasjonale mål for avfallsførebygging og gjenbruk i tråd med EUs sirkulære økonomipakke. EU har ikkje prøvd å lage slike mål, truleg på grunn av dei metodiske utfordringane som ligg her.
Det er utarbeidd nytt nasjonalt mål for materialgjenvinning, som også er den tilnærminga EU har følgt.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar
Vedtak nr. 481, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen gi kommunene ansvar for å legge til rette for gjenbruk gjennom kommunenes gjenbruksstasjoner.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.
Det er vurdert at kommunane allereie har dette ansvaret, sjølv om det ikkje går uttrykkjeleg fram av forureiningslova, og at dette kan dekkjast over avfallsgebyret, jf. Prop. 1 S (2018–2019). Energi- og miljøkomiteen tok regjeringa si vurdering til orientering og bad om ei orientering om kor vidt kommunane følgjer opp dette ansvaret, jf. Innst. 9 S (2018–2019).
Klima- og miljødepartementet vil komme tilbake til Stortinget med ei orientering om kor vidt kommunane følgjer opp.
Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap
Vedtak nr. 482, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen gi kommunene anledning til selv å bestemme om de ønsker samtykke ved utleie av avfallskonteinere fra godkjente avfallsselskaper.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal III.
Departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall
Vedtak nr. 485, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall fra husholdninger og lignende avfall fra næringslivet.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VI.
Miljødirektoratet har greidd ut krav til utsortering og materialgjenvinning av matavfall og plastavfall og komme med forslag til ei forskrift for å regulere dette. Saka ligg til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall
Vedtak nr. 486, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede og legge til rette for at alt avfall fra offentlige tjenester og andre som produserer avfall som likner husholdningsavfall, skal ha de samme kravene til materialgjenvinning i norsk regelverk som husholdningsavfall.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VII.
Miljødirektoratet har utgreidd krav til utsortering og materialgjenvinning av matavfall og plastavfall og komme med forslag til ei forskrift for å regulere dette. Saka ligg til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Reinsing av flygeoske
Vedtak nr. 487, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede påbud om rensing av flyveaske og komme til Stortinget med dette på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XI.
Flygeoske oppstår ved forbrenning av avfall og blir rekna som farleg avfall. Ved å materialgjenvinne salt og tungmetall i slik oske, kan behovet for deponi for denne fraksjonen farleg avfall reduserast. Ekspertutvalet om farleg avfall, som overleverte si tilråding til regjeringa i november 2019, peikte på ei betydeleg teknologiutvikling knytt til slik materialgjenvinning/reinsing av flygeoske. Dei viste samstundes til at det tek tid å kommersialisere teknologiane, men at anlegg under utvikling indikerer at teknologiane er i ferd med å bli modne. Miljødirektoratet vurderer også at materialgjenvinning av flygeoske på sikt kan være mogleg, og at det kan bli aktuelt å vurdere regulering gjennom forskrift. Departementet vil følgje utviklinga på området, men vurderer ikkje at det er aktuelt å greie ut påbod om reinsing av flygeoske no.
Regjeringan vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Matkastelov
Vedtak nr. 489, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XV.
Departementet arbeider med saka. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Fosforgjenvinning
Vedtak nr. 490, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler og tiltak for å legge til rette for fosforgjenvinning i Norge.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XVI.
Departementet arbeider med saka. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbaner
Vedtak nr. 491, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen innføre et regelverk som sikrer at effektivt utstyr for oppsamling av gummigranulat fra eksisterende og nye kunstgressbaner tas i bruk med virkning fra 1. januar 2019.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIII.
Klima- og miljødepartementet tek sikte på å innføre reglar om etablering og drift av kunstgrasbaner. Miljødirektoratet har utarbeidd eit forslag til forskrift som har vore på offentleg høyring. Departementet har i juli 2020 motteke forslag til forskrift frå Miljødirektoratet, og forslaget er til vurdering i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast
Vedtak nr. 492, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen revidere strategi mot marin plastforsøpling og spredning av mikroplast innen 2020.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIV.
Ei revidering vil omfatte både nye tiltak og tiltak som er i gang. Departementet har sett i gang dette arbeidet slik at revidert plaststrategi ligg føre i 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi
Vedtak nr. 493, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal strategi for en sirkulær økonomi.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXVII.
Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 503 av 12. april 2018, Handlingsplan for kretsløpsøkonomi. Regjeringa arbeider med ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
EØS-mål for gjenvinning av avfall frå bygg- og anleggsnæringa
Vedtak nr. 496, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen vurdere om vi når EØS-mål for gjenvinning av avfall fra bygg- og anleggsnæringen i 2020, og ev. utrede nødvendige virkemidler, herunder vurdere en skjerping av kravene til byggavfall i teknisk forskrift.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Departementet arbeider med saka. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Arbeide for å fase ut unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast
Vedtak nr. 498, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen arbeide for å utfase unødvendig bruk av engangsartikler av plast.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
EU har vedteke direktiv om å redusere miljøkonsekvensar av enkelte plastprodukt. Direktivet stiller ulike krav til ulike produktgrupper. Landa skal mellom anna innføre omsetningsforbod mot enkelte eingongsartiklar. Miljødirektoratet har gjennomført høyring av forslag til forbod for desse eingongsartiklane og vil komme tilbake til departementet med sitt endelege forslag. Klima- og miljødepartementet har fått forslag frå ei arbeidsgruppe med deltaking frå næringslivet og arbeidstakar- og miljøorganisasjonar om moglege tiltak for å redusere bruk av unødvendige eingongsartiklar av plast for produkt der direktivet ikkje krev forbod. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i april 2020 og departementet vurderer no vidare oppfølging. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Pålegg om utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall
Vedtak nr. 502, 2. april 2018
«Stortinget ber regjeringen pålegge kommuner og næringsaktører utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall i tråd med anbefalingene fra Miljødirektoratet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom gjenvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).
Miljødirektoratet har greidd ut krav til utsortering og materialgjenvinning av matavfall og plastavfall og komme med forslag til ei forskrift for å regulere dette. Saka ligg til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Handlingsplan for kretsløpsøkonomi
Vedtak nr. 503, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen lage en forpliktende handlingsplan for kretsløpsøkonomi med mindre ressurssløsing i alle deler av samfunnet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom gjenvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).
Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 493 av 12. april 2018, Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi. Regjeringa arbeider med ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Heilskapleg plan for Oslofjorden
Vedtak nr. 575, 5. april 2018
«Stortinget ber regjeringen legge fram helhetlig plan for Oslofjorden – med mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdier, fremme et aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfoldet i fjorden.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Ola Elvestuen, Carl-Erik Grimstad og Abid Q. Raja om ein heilskapleg forvaltningsplan for Oslofjorden, jf. Dok. 8:51 S (2017–2018) og Innst. 203 S (2017–2018).
Klima- og miljødepartementet er godt i gang med ein heilskapleg plan for Oslofjorden. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip
Vedtak nr. 661, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede strengere krav til svartvanns- og gråvannsutslipp fra cruiseskip.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal VIII.
Sjøfartsdirektoratet arbeider med sikte på å innføre strengare krav til utslepp av kloakk frå skip langs kysten. Miljødirektoratet har i oppdrag å vurdere mottakskapasitet for kloakk. Sjøfartsdirektoratet er i gang med å greie ut om utsleppkrava som er innførte for skip i verdsarvfjordane, inkludert krava til utslepp av gråvatn og kloakk, kan innførast i andre fjordar. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Kutt i klimagassutslepp – sektorvise ambisjonar
Vedtak nr. 671, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen legge frem sektorvise ambisjoner for kutt i klimagassutslippene i ikke-kvotepliktig sektor.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte i løpet av 2020.
Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.
Vedtak nr. 672, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og null-utslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).
Regjeringa er i gang med å redusere utsleppa av klimagassar og lokal luftforureining frå skipstrafikk i norske fjordar. 1. mars 2019 innførte Sjøfartsdirektoratet som eit første steg strengare utsleppskrav til skip i verdsarvfjordane. Departementet har motteke Sjøfartsdirektoratets tilråding om utviding av krava i verdsarvfjordane til skip i andre norske fjordar og konsekvensane av vedtaket frå Stortinget om nullutslepp for turistskip og ferjer i verdsarvfjordane seinast innan 2026. Det blir no vurdert kva for steg som skal takast vidare for å følgje opp oppmodingsvedtaket. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar
Vedtak nr. 674, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et nasjonalt forbud mot salg av heliumballonger, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).
Departementet vurderer vidare behov for utgreiing av eit slikt nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagde undersøkingar
Vedtak nr. 764, 28. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med stortingsmeldingen om kulturminnefeltet foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og vurdere å innlemme ‘utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk’ i bestemmelsen for ‘mindre, private tiltak’.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Steinar Reiten og Olaug V. Bollestad om gjennomgang av grenseoppgangen mellom «mindre» og «større» tiltak i kulturminnelova §§ 9 og 10 (Innst. 306 S (2017–2018)). I dette forslaget blei det fremja følgjande:
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og sørge for at utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk faller inn under bestemmelser for ‘mindre, private tiltak’. Gjennomgangen legges frem for Stortinget på egnet måte.»
I Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold har regjeringa lagt fram sitt svar på dette oppmodingsvedtaket. Meldinga blei behandla i Stortinget 15. juni 2020, jf. vedtak datert 16. juni 2020. Meldinga baserer seg på det generelle prinsippet i norsk klima- og miljøforvaltning om at den som er årsak til at miljøet blir forureina eller forringa, skal bere eventuelle kostnader knytte til arbeidet med å redusere skaden. For kulturmiljøfeltet inneber dette at den som er årsak til tap av kulturmiljø, skal betale det det kostar å sikre kjeldeverdien for framtida og for fellesskapet. Kulturminnelova opnar for at det kan gjerast unntak frå dette prinsippet ved «mindre, private tiltak» og der det ligg føre «særlige grunner». I oppfølginga av meldinga vil regjeringa starte arbeidet med å utarbeide nærmare retningslinjer for kva som ligg i omgrepet «særlige grunner».
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Oppmjuking i lov om motorferdsel i utmark
Vedtak nr. 815, 1. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen foreta oppmykninger i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark som gjør det mulig for kommunene å gi dispensasjoner for bruk av elmotor med begrenset effekt på vann under 2 kvadratkilometer. Dispensasjon bør bare kunne gis etter at kommunene har vurdert om det er forsvarlig ut fra hensynet til vannet som levested for viltarter og fugler, herunder særskilt legge vekt på hensynet til hekkeområder.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Dok 8:77 S (2017–2018), jf. Innst. 325 S (2017–2018).
Vedtaket krev ei endring av motorferdsellova. Saka blei slått saman med andre endringar i same lovverk, og høyringa starta i desember 2019. Departementet tek sikte på å fremje ein proposisjon for Stortinget om denne og andre endringar i motorferdsellova hausten 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Stortingssesjon 2016–2017
Omsetningskrav for bruk av berekraftig drivstoff i skipsfart
Vedtak nr. 19, 18. oktober 2016
«Stortinget ber regjeringen foreslå et omsetningskrav for bruk av bærekraftig biodrivstoff i drivstoffet for skipsfarten.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Pål Farstad, Abid Q. Raja, Iselin Nybø, Terje Breivik og Sveinung Rotevatn, jf. Dok. 8:71 S (2015–16) og Innst. 22 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen.
Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd eit teknisk kunnskapsgrunnlag for å greie ut høve til og konsekvensar av å innføre eit omsetningskrav for berekraftig biodrivstoff i skipsfart. Vidare har dei greidd ut formålstenleg avgrensing og utforming av eit eventuelt omsetningskrav for skipsfart, avgrensa til avansert flytande biodrivstoff og biogass. Det er nødvendig å sjå biodrivstoff i skipsfart i samanheng med behov for biodrivstoff i andre sektorar, som vegtrafikk og luftfart. I Klimakur 2030 er omsetningskrav for avansert biodrivstoff og biogass greidd ut, og regjeringa er i gang med å utarbeide ein klimaplan for 2030 som skal leverast i løpet av året.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
E10 som ny bransjestandard for bensin
Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2018 innføre E10 som en bransjestandard for bensin. Regjeringen bes komme tilbake i statsbudsjettet for 2018 med en konkret plan for arbeidet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2016–2017), Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) og Innst. 2 S (2015–2016) om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016.
E10 er ein bensinkvalitet med opptil 10 pst. bioetanol. Då Stortinget gjorde oppmodingsvedtaket om E10 i 2016, var omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk på berre 5,5 pst., og ein hadde ikkje noko delkrav for avansert biodrivstoff.
Det er mange årsaker til at det har teke lang tid å følgje opp oppmodingsvedtaket om E10. Ei av dei er at det har vore usikkert korleis ein skal løyse problemet med at ein del bilar ikkje kan køyre på E10.
I mellomtida har omsetningskravet for biodrivstoff og delkravet for avansert biodrivstoff blitt trappa opp i fleire rundar. Frå 1. juli 2020 er omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk på 22,3 pst., og delkravet til avansert biodrivstoff er på 6,1 pst. Omsetningskravet skal aukast vidare frå 1. januar 2021. Regjeringa vil at framtidige auker i omsetningskravet for vegtrafikk og luftfart i hovudsak skal skje ved å auke krava til avansert biodrivstoff.
Med dei høge omsetningskrava for biodrivstoff i dag og med stadig aukande krav til avansert biodrivstoff, meiner regjeringa at det ikkje er formålstenleg med eit særleg krav om E10 i tillegg. Eit slikt tilleggskrav vil gi liten eller ingen klimagevinst, samtidig som det vil gi utfordringar mellom anna som følgje av at ein del bilar ikkje kan køyre på E10. Det skaper behov for reglar om tilgang på alternativt drivstoff («sikringskvalitet») til bilar som ikkje kan køyre på E10, og dette reiser spørsmål om m.a. heimelsgrunnlag, praktisk gjennomføring og store ekstra kostnader for drivstoffbransjen.
Regjeringa føreslår derfor følgjande opphevingsvedtak: Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016 blir oppheva.
Gratis levering av marint avfall
Vedtak nr. 529, 28. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 213 S (2016–2017), jf. Dok. 8:31 S (2016–2017), tilrådinga i innstillinga romartal I.
Miljødirektoratet har greidd ut ei ordning for å gjere det gratis å levere eigarlaust, marint avfall i hamn for fiskarar og andre, basert på erfaringane frå prosjektet «Fishing for litter». Departementet vurderer no Miljødirektoratets forslag. I dette arbeidet må ein ta omsyn til EUs reviderte skipsavfallsdirektiv, som ligg til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv
Vedtak nr. 591, 25. april 2017
«Stortinget ber regjeringen foreta en faglig gjennomgang av den norske delbestanden av ulv.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Prop. 63 L (2016–2017), jf. Innst. 257 S (2016–2017), jf. Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.), jf. innstillinga romartal III.
Den faglege gjennomgangen er delt i to delar. Del ein er ein gjennomgang av tidlegare utgreiingar og ulike omgrep i omtale av ulvebestanden, og Miljødirektoratet vil levere på denne delen innan utgongen av 2020. Del to, som vil vere ein ny fagleg gjennomgang, vil bli levert i 2021. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Plan for vedlikehaldsetterslepet på kulturminne
Vedtak nr. 722, 30. mai 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem en plan for Stortinget for hvordan vedlikeholdsetterslepet på kulturminner i Norge kan tas igjen.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 19 (2016–2017), Innst. 324 S (2016–2017) om Opplev Norge – unikt og eventyrlig.
Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold blei behandla i Stortinget 15. juni 2020, jf. vedtak datert 16. juni 2020, og inneheld ei rekkje tiltak og verkemiddel som vil medverke til redusert vedlikehaldsetterslep.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Leggje fram heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde
Vedtak nr. 907, 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen om å følge opp arbeidet med en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder og prioritere områdene som er definert som særlig verdifulle og sårbare (SVO) i dette arbeidet. Stortinget ber regjeringen legge fram en egen sak om dette senest i 2020.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, tilrådinga i innstillinga romartal I.
Regjeringa seier i Meld. St. 20 (2019–2020) at ho vil «utarbeide i 2020 en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder». Regjeringa treng noko meir tid på å ferdigstille planen på grunn av dei særlege omstenda i 2020. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake til Stortinget på eigna måte våren 2021.
Leggje fram fagleg oppdatert avgrensing av heile iskantsona inkludert «Vesterisen»
Vedtak nr. 909, 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revideringen av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten legge frem en faglig oppdatert avgrensing av hele iskantsonen inkludert «Vesterisen», basert på best tilgjengelig vitenskapelig kunnskap. I påvente av dette videreføres definisjonen av dette området og rammene for aktivitet som ble fastsatt i den i dag gjeldende forvaltningsplan for Norskehavet (St.meld. nr. 37 (2008–2009)).»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal IV.
I samband med behandlinga av Meld. St. 12 (2019–2020) Anmodningsvedtak- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019, jf. Innst. 373 S (2019–2020), uttalte Kontroll- og konstitusjonskomiteen følgande: «Komiteen viser til at regjeringen har lagt fram Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak, og kvitterer ut vedtaket på dette grunnlag.»
Eventuell ny definisjon av iskanten i revidering av forvaltningsplan for Barentshavet–Lofoten
Vedtak nr. 910, 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en eventuell ny definisjon av iskanten skal skje med utgangspunkt i en helhetlig revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal V.
I samband med behandlinga av Meld. St. 12 (2019–2020) Anmodningsvedtak- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019, jf. Innst. 373 S (2019–2020), uttalte Kontroll- og konstitusjonskomiteen følgande: «Komiteen viser til at regjeringen har lagt fram Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak, og kvitterer ut vedtaket på dette grunnlag.»
Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk
Vedtak nr. 914, 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015: 6), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.
Overvassutvalet føreslo ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng, og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Forslag til endringar i forureiningslova, vass- og avløpsanleggslova, plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift vart sendt på høyring i mars 2020 med høyringsfrist 2. juni 2020. Høringsfråsegna er no til vurdering. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Fossilfrie anleggsprosjekt
Vedtak nr. 1105, 21. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan fossilfrie anleggsprosjekter eventuelt kan gjennomføres og hva konsekvensen av dette vil være.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2016–2017), og Innst. 401 S (2016–2017) om revidert nasjonalbudsjett 2017.
Klima- og miljødepartementet innførte forbod mot å bruke fossil fyringsolje til oppvarming av bygningar frå 1. januar 2020. Kommunane har ansvar for å handheve forbodet. Frå 1. januar 2022 vil også bruk av mineralolje til byggvarme, dvs. mellombels oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering, bli omfatta av forbodet. Forbodet vil medverke til å redusere klimagassutslepp frå byggjeplassar.
Oppfølging av vedtak 1105 av 21. juni 2017 må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til oppmodingsvedtak nr. 108, punkt 16 (2016–2017) om å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren. Regjeringa arbeider med ein handlingsplan og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er ferdig.
Stortingssesjon (2015–2016)
Leggje fram plan for marine verneområde
Vedtak nr. 668, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for marine verneområder og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal II.
Korleis regjeringa har følgt opp Stortingets vedtak, er omtalt i Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltingsplanen for Norskehavet, side 82:
«Det er sett i gang arbeid med ein plan for det vidare arbeidet med marine verneområde. Det vil som del av planen for det vidare arbeidet med marine verneområde bli gjennomført ei evaluering av status for arbeidet med vern og beskyttelse av marine område, og identifisering av vidare behov for vern og beskyttelse med bakgrunn i nasjonale og internasjonale mål. Dette vil inngå i grunnlaget for det vidare arbeidet med marint vern i territorialfarvatnet og bevaring av marine område utanfor territorialgrensen. Det vil i forvaltninga av havområda fortløpande bli vurdert på grunnlag av tilgjengeleg kunnskap om det er behov for nye tiltak for å bevare marine naturverdiar.»
Sjå òg omtalen av oppfølginga av stortingsvedtak nr. 907, 14. juni 2017. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake til Stortinget på eigna måte våren 2021.
Klargjering av kva som er god tilstand, og kva areal som er å rekne som forringa økosystem
Vedtak nr. 669, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen klargjøre hva som er god tilstand og hvilke arealer som er å regne som forringede økosystemer, og trappe opp arbeidet med å bedre tilstanden i økosystemene, med sikte på at 15 pst. av de forringede økosystemene skal være restaurert innen 2025.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, innstillinga romartal III.
Klima- og miljødepartementet oppretta i 2016 Ekspertrådet for økologisk tilstand. Rådet kom med sine tilrådingar i 2017, og ulike fagmiljø har gjennomført nødvendig utvikling og utprøving av fagsystemet. I 2020 starta arbeidet med å ta fagsystemet i bruk, samtidig som delar av systemet var gjenstand for vidareutvikling. I 2021 blir dei første vurderingane av utvalte økosystem klare, samtidig som det blir innhenta meir kunnskap for å kunne vurdere metodar for dei resterande økosystema. Tilstanden i økosystema med godt nok datagrunnlag kan deretter vurderast med jamne mellomrom, inkludert kva som er sett på som forringa økosystem. Klima- og miljødepartementet vil prioritere aktuelle restaureringstiltak med sikte på at 15 pst. av dei forringa økosystema er restaurerte innan 2025. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål
Vedtak nr. 670, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen vurdere kvalitetsnormer for økosystemer som en del av utviklingen av nye forvaltningsmål.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal IV.
Forvaltingsmåla vil vere baserte på vurdering av tilstanden i økosystema, forvaltningsvise vurderingar og avvegingar og samfunnsøkonomiske vurderingar. Klima- og miljødepartementet vurderer også ulike konsept for heilskaplege forvaltningsplanar som ein del av dette arbeidet. Samtidig blir det vurdert om, og eventuelt på kva måte, forvaltingsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormer etter naturmangfaldlova §13. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar
Vedtak nr. 674, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»
Vedtaket vart gjort ved stortingsbehandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), innstillinga romartal IX.
Ei direktoratsgruppe leidd av Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit utkast til handlingsplan for sjøfugl. Gruppa skal utarbeide ein samla prioritert tiltaksplan for å betre situasjonen for sjøfugl. Den endelege handlingsplanen skal etter planen leggjast fram i løpet av 2021. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Kvalitetsnorm for villrein
Vedtak nr. 677, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kvalitetsnorm for villrein, og vurdere kvalitetsnorm for flere utvalgte arter.»
Vedtaket vart gjort ved stortingsbehandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), jf. innstillinga romartal XIII.
Miljødirektoratet har levert eit forslag til miljøkvalitetsnorm for villrein som vart sendt på høyring hausten 2019. Ei kvalitetsnorm for villrein vart fastsett ved kongeleg resolusjon 23. juni 2020.
Miljødirektoratet har levert ei fagleg vurdering av høvet til å kunne utvikle miljøkvalitetsnormer for fleire haustbare småviltartar: lirype, fjellrype, hare, bever og skogshøns. Klima- og miljødepartementet vurderer om det bør utviklast miljøkvalitetsnormer for nokre av desse artane.
Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt
Vedtak nr. 681, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Dok. 8:44 S (2015–2016), jf. Innst. 282 S (2015–2016), tilrådinga i innstillinga romartal I.
EUs kjemikaliebyrå (ECHA) har utarbeidd eit forslag til restriksjon mot mikroplast i mellom anna kroppspleieprodukt. Forslaget har vore på høyring, og Miljødirektoratet har sendt ei fråsegn til ECHA. Saka er enno ikkje oversend EU-kommisjonen. Norske miljøstyresmakter vil aktivt følgje det vidare arbeidet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030
Vedtak nr. 897, 14. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1. januar 2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.»
Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Prop. 115 S (2015–2016), jf. Innst. 407 S (2015–2016) om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala.
I Meld. St. 41 (2016–2017) er det vist til at regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei omtale av oppfølginga av klimanøytralitetsmålet på eit eigna tidspunkt etter at regelverket rundt EUs innsatsfordelingsforordning er klart. Innsatsfordelinga blei vedteken i EU i mai 2018, og avtala om felles oppfylling blei endeleg vedteken våren 2020.
Regjeringa legg vekt på å utvikle nytt samarbeid for kvotekjøp der Parisavtala er ei viktig ramme. Regelverket for marknadssamarbeid under Parisavtala vil venteleg først komme på plass i november 2021 under klimakonferansen i Glasgow. Imens er Noreg i samarbeid med fleire andre land i gang med pilotar for nye program. Noreg støttar mellom anna Verdsbankens fondsinitiativ Transformative Carbon Asset Facility (TCAF). Vidare pilotering av kvotekjøp og utvikling av det endelege regelverket for marknadssamarbeid i Parisavtala vil gi oss betre kunnskap om i kva grad det er mogleg å utvikle eit samarbeid som er i samsvar med føringane i stortingsvedtaket om å følgje «standarder som garanterer reelle og permanente utslippsreduksjoner og miljømessig integritet» (Innst. 407 S (2015–2016)). Med Parisavtala har alle land forplikta seg til å redusere utsleppa sine. Dette til skilnad frå under Kyotoprotokollen, der utviklingsland ikkje hadde utsleppsforpliktingar. Kvotekjøp under Parisavtala kan derfor bli meir krevjande enn under Kyotoprotokollen, fordi ein må unngå dobbeltteljing av utsleppsreduksjonar når land samarbeider, slik at ikkje to land skal bruke same utsleppsreduksjon til å nå målet sitt.
Det er òg andre forhold som skaper uvisse om korleis eit konkret kjøpsprogram skal utformast. Berekningsgrunnlaget for utslepp i 2030 er usikkert, og det er ikkje klart kva norske mål etter 2030 skal vere. Regjeringa vil komme tilbake til eit meir konkret kjøpsprogram når vi har meir kunnskap og avklart mål etter 2030.