Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

8 Omtale av sektorovergripande klima- og miljøsaker

8.1 Klima- og miljøpolitikk i departementa

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 2 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.

Dette kapittelet handlar om regjeringas klima- og miljøinnsats, tiltak og prioriteringar i andre departement.

Klima- og miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå klima- og miljømåla.

8.1.1 Arbeids- og sosialdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eit av hovudmåla for ansvarsområda til Arbeids- og sosialdepartementet, under dette å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Førebygging av forureining frå petroleumsverksemda utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av Arbeids- og sosialdepartementets klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet for forureining. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene fører tilsyn med at verksemdene følger opp sitt HMS-ansvar.

Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, sikkerheit og sikring. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining.

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet.

Petroleumstilsynets oppfølging medverkar til sikkerheit og førebygging mot ulykker, for å forhindre, avgrense og stanse ulykker inkludert akutt forureining. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at helse, miljø, sikkerheit og sikring er tekne vare på. Dette bidreg til å førebygge akutt forureining til sjø og til luft og samtidig byggje opp om dei nasjonale målsetjingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2019

Petroleumstilsynet gir årleg ut Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet Akutte utslipp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvaker Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har eller kunne ha ført til akutt forureining. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebygge hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel. Rapporten for 2019 blir publisert i oktober 2020.

Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn har Petroleumstilsynet dei siste åra retta merksemda særleg på tre område: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. I 2019 vart desse prioriteringane lagde til grunn i Petroleumstilsynets oppfølging av petroleumsselskapa, og i samarbeidet mellom offentlege etatar i samband med tilsyn, utvikling av regelverk og forvaltningsplan for Barentshavet.

Plan for vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggleiksregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag som blir følgt opp i tilsyn, i trepartsfora og i samarbeid med andre styresmakter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samanheng med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

8.1.2 Barne- og familiedepartementet

Omtale av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka betydeleg.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i dei marknadene dei handlar i. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftelsen Miljømerking i Noreg.

Rapport for 2019

I 2019 var det ein klar auke i talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden, frå 24 000 ved utgangen av 2018 til 27 409 ved utgangen av 2019. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor mange produktgrupper i 2019. Størst auke var det for tonarkassettar, følgt av tekstilar, møblar, bygningsplater og utemøblar. BFD er nøgd med ei utvikling der forbrukarane får større tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2019 vidare arbeidet med å fremje undervisning i forbrukaremne som også tok opp spørsmål knytte til dette.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Godt over halvparten av svinnet kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ei bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største organisasjonane i matbransjen. Ved utgangen av 2019 hadde 103 bedrifter skrive under på eigne tilslutningsavtaler til bransjeavtala.

BFD deltek i arbeidet og har i 2019 og 2020 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som formål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til forbrukarretta tiltak for å redusere matsvinn. I 2019 gav Forbruksforskingsinstituttet SIFO på oppdrag av BFD ut rapporten «Kunnskapsoppsummering om temaet matsvinn på forbrukernivå i Noreg og Europa» (SIFO-rapport 14/19). Ei av de viktigaste tilrådingane i rapporten er at det bør arbeidast for ei meir heilskapleg tilnærming til matsvinnreduksjon i hushalda.

I juni 2019 la BFD fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – Grøn, smart og digital. Berekraftig forbruk er eit tema i meldinga.

Kyrkjebygga og gravplassane er ein del av Noregs kulturarv. Dei skal forvaltast med respekt for det formålet dei skal tene, og i samsvar med den kulturhistoriske rolla si. Storparten av dei 1 600 kyrkjene til Den norske kyrkja er eldre bygg som har høge kostnader til oppvarming. KA – Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter arbeider saman med Riksantikvaren for å finne nye varmesystem som kan gi både energisparing og eit betre bevaringsmiljø for bygg og interiør. Det er også etablert regionale energinettverk for kyrkjebygga for å auke kompetansen på området. I 2019 og 2020 er det samla løyvd i overkant av 110 mill. kroner til brannsikring, istandsetjing og klimasikring av dei kulturhistorisk viktigaste kyrkjene. Store delar av desse midlane går til sikring og istandsetjing av klimaskal (vegger, tak og tårn) og utskifting av gamle elanlegg og varmeomnar.

Opplysningsvesenets fond (Ovf) eig og forvaltar ein stor eigedoms- og bygningsmasse. Fondet er i dag også ein av dei største skogeigarane i landet. Omsynet til klima og miljø er viktig i den finansielle og praktiske forvaltninga av Ovf. Ovf har dei siste åra ført klimarekneskap. Det samla karbonavtrykket er lågt. I hovudsak er det oppvarming av lokale, byggjeaktivitet, utslepp frå dyrehald og reising som gir utslepp av CO2. Den årlege tilveksten av skogane til fondet bind CO2 tilsvarande årlege utslepp frå 78 000 bilar. Fondet har småkraftverk med ein samla produksjonskapasitet tilsvarande 23 000 husstandar. Arbeid med miljøtiltak på prestegardane er vidareført i 2019. Gjennom forvaltning og investeringar ønskjer Ovf å medverke til ei meir berekraftig utvikling og eit reinare miljø.

Plan for vidare arbeid

BFD vil halde fram med arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Miljømerka Svanen og EU Ecolabel er dei fremste verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

BFD vil i 2021 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtala om matsvinn. Bransjeavtala gjeld fram til 2030 og byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn er det i bransjeavtala sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 pst. innan 2030.

Departementet vil i 2021 også arbeide vidare med å fremje undervisning i forbrukaremne, medrekna undervisning om berekraftig forbruk og berekraftig utvikling.

8.1.3 Finansdepartementet

Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er, og skal vere, sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og omsetjelege utsleppskvotar. Over 80 pst. av Noregs samla utslepp av klimagassar er allereie ilagt avgift eller kvoteplikt. Det generelle avgiftsnivået på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar er nær 550 kroner per tonn CO2, og kvoteprisen er i underkant av 300 kroner per tonn CO2. Både delen utslepp som er prisa, og den karbonprisen forureinarane står overfor, er høge samanlikna med andre land.

I Granavolden-plattforma er det varsla ei vidare opptrapping av CO2-avgifta fram mot 2025.

8.1.4 Forsvarsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Det er eit overordna mål for Forsvarsdepartementet (FD) at verksemda til forsvarssektoren ikkje skal føre til vesentleg skade på miljøet. Etatane i forsvarssektoren arbeider mellom anna med opprydding i forureina sjøbotn og skytefelt, avfallshandtering og tiltak for å redusere ulemper av støy og klimagassutslepp frå sektoren. Etatane arbeider òg med å ta vare på naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø i område som sektoren eig og bruker. Kystvakta har ei viktig oppgåve med miljø- og ressursoppsyn. All militær aktivitet vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Ei generell opptrapping i Forsvarets aktivitet kan òg ha klima- og miljømessige konsekvensar. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samtidig som ein unngår store, negative konsekvensar for miljøet. Tiltak er baserte på fagleg kunnskapsgrunnlag og vurdering av effekt og kostnadseffektivitet.

Rapport for 2019/2020

Forureiningar ved Forsvarets brannøvingsfelt på flystasjonane er kartlagde. Det er påvist forureining etter tidlegare bruk av brannskum som inneheld perfluorerte sambindingar (PFOS og PFAS) på alle felt, men med forskjellig alvorsgrad. Det går føre seg arbeid med kartlegging og tiltak for opprydding i forureining på fleire flystasjonar.

Arbeidet med å fase ut bruk av mineralolje til bruk i oppvarming av bygg heldt fram i 2019. Forsvarssektoren har sidan 2016 fasa ut totalt 113 oljefyringsanlegg. Forbruket av fyringsolje er redusert med 89 prosent sidan 2006, og bruk av mineralolje utgjorde 2,1 prosent av total energibruk til eigedom, bygg og anlegg i 2019. Forsvarssektoren har fått dispensasjon for prosjekt som er under utføring på Haakonsvern og på Evenes flystasjon, og som blir ferdigstilte høvesvis 2022 og 2023. I tillegg er det gitt dispensasjon for Bodø flystasjon i samband med at dagens flyplass skal leggjast ned.

Arbeid med tiltak for energiøkonomisering i bygningane til Forsvaret har halde fram i 2019 og 2020.

Det har over mange år blitt gjort undersøkingar av sjøbotnen og på land i Horten med sikte på miljøsanering av tungmetall og andre miljøgifter. Det blir i 2019–2020 gjennomført felles oppryddingsprosjekt med Horten kommune, Miljødirektoratet og private aktørar for å sikre best mogleg effekt av tiltaket i området sett under eitt. Tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt er noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt og prosjektet blir avslutta i 2020. Det same gjeld oppryddinga etter tidlegare forureining i Horten hamn.

I 2019 og 2020 er det kartlagt flystøy og arbeidd med å gjennomføre støyreduserande tiltak på bygningar i tråd med reguleringsplan på Ørland flystasjon.

Sektoren gir eit viktig bidrag til samfunnet ved å ta vare på kulturminne og kulturmiljø, leggje til rette for bruk og formidle verdiar til allmenta. Talet på besøkjande på nasjonale festningsverk var totalt 4,2 millionar i 2018. Forsvarssektoren har òg gjennomført kartlegging og sikring av kulturminne og naturverdiar i område som er i bruk av Forsvaret.

Plan for vidare arbeid

Miljørydding av utrangerte skyte- og øvingsfelt som blir ført tilbake til sivile formål, og opprydding i aktive felt for å hindre spreiing av forureining til grunn og vassdrag blir førte vidare i 2021.

Gjennomføring av resterande tiltak for å fase ut fossil olje til oppvarming blir ført vidare i 2021 og vil då vere koordinert med større infrastrukturtiltak.

Det vil bli gjennomført tiltak for å følgje opp utbygging i tråd med ny reguleringsplan og miljøkrav ved Ørlandet flystasjon, Narvik og Harstad lufthamn og Evenes flystasjon.

8.1.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og fylkesmennene er rådgivarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. DSA har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, for tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø, i tillegg til internasjonale oppgåver.

Mattilsynet arbeider for miljøvennleg produksjon av trygge næringsmiddel og trygt drikkevatn. For å få størst mogleg samfunnsmessig verdiskaping ut av avgrensa ressursar er det vesentleg å leggje vekt på kvalitet, plante- og dyrehelse og omsynet til miljøet.

Helse- og omsorgsdepartementet forvaltar statens eigarskap av dei regionale helseføretaka, som igjen er eigar av helseføretaka i landet. Som det blir uttrykt i Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper — Bærekraftig verdiskaping, er staten oppteken av at verksemda til selskapa er ansvarleg. Det inneber å identifisere og handtere risikoen selskapet påfører menneske, samfunn og miljø. Omsynet til berekraft og ansvarleg verksemd er reflektert i statens forventningar til selskapa og korleis staten følgjer opp selskapa.

Departementet har i styringsbodskapen til dei regionale helseføretaka bedt om at spesialisthelsetenesta har ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøutfordringane. Miljøarbeidet i spesialisthelsetenesta blir koordinert gjennom eit samarbeidsutval mellom dei fire helseregionane. Alle dei regionale helseføretaka er representerte med ein medlem i samarbeidsutvalet. I tillegg har Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, vernetenesta og tillitsvalde ein representant kvar. Dei fire regionane har også kvar si miljøfaggruppe der alle helseføretak er representerte.

Rapport for 2019

Det blir årleg utarbeidd ein felles årsrapport for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar». Rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Rapporten er utarbeidd av interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø i spesialisthelsetenesta og omfattar helseføretaka i dei fire regionane i tillegg til dei felleseigde selskapa (Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, Luftambulansetenesta HF, Nasjonal IKT HF, Helsetenestas driftsorganisasjon for nødnett HF og Pasientreiser HF).

Alle helseføretak i landet er miljøsertifiserte i samsvar med NS-EN ISO 14001. Det inneber at ei samla spesialisthelseteneste arbeider systematisk med å forbetre eigen miljøprestasjon. Gjennom rapporten for samfunnsansvar blir det også lagt fram ein felles klimarekneskap for helseføretaka i landet. Klimarekneskapen medverkar til å setje søkjelyset på å redusere forbruk av ressursar.

Plan for vidare arbeid

I føretaksmøte i januar 2020 blei det stilt krav til dei regionale helseføretaka om å vidareutvikle det eksisterande arbeidet med ansvarleg verksemd og klimarekneskapen og å sørgje for at den nasjonale rapporten om spesialisthelsetenesta sitt arbeid med ansvarleg verksemd blir publisert årleg.

8.1.6 Justis- og beredskapsdepartementet

Svalbard

Regjeringas mål om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner tek vare på denne målsetjinga. Ein stor del av verksemda til Sysselmannen på Svalbard er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I Sysselmannens organisasjon er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid.

Lokalt er svalbardmiljølova med føresegn viktige verktøy for å ta vare på miljømåla. Sysselmannen skal i miljøforvaltninga ta omsyn til endringar i klima, aktivitet og tilførsel av forureining og sikre at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla belastninga på artar og økosystem ikkje blir for stor. Samstundes skal det leggjast til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard.

Ei viktig oppgåve for sysselmannen er å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Klimaendringane fører til stadig mindre utbreiing av sjøis, som er leveområde for artar som er avhengige av is, som isbjørn og sel. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsel og anna verksemd er viktig for å målrette tiltaka.

Sysselmannen legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold. Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet få større betydning som base for beredskap mot forureining. Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmannen som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er derfor svært viktige. Det er forbod mot bruk av tungolje som drivstoff i dei store verneområda på Svalbard. For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje er det ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Ut frå lokale forhold er det gjort enkelte tilpassingar i reglane.

Miljødirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav på kolkraftverket i Longyearbyen (ikkje for CO2). Arbeidet med å etablere reinseanlegget blir fullført med venta heilårseffekt i 2016. Prosjektet er fullfinansiert over svalbardbudsjettet i perioden 2012–2014. Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket er som følgjer: Utslepp av SO2 og støv frå kraftverket har gått dramatisk ned. Forbruk av kol har auka årleg sidan 2012 og medfører auka CO2-utslepp.

Miljødirektoratet har gitt pålegg om å greie ut reinsing av utsleppa til luft for kolkraftverket i Barentsburg.

Politi- og lensmannsetaten

Politiets viktigaste oppgåver innanfor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Som det kjem fram i stortingsmeldinga om miljøkriminalitet (Meld. St. 19 (2019–2020)) inneber førebygging på miljøområdet særleg gjensidig informasjonsdeling med relevante samarbeidsaktørar, slik at alle kan setjast i stand til å setje i verk nødvendige tiltak på eige ansvarsområde. Politiets samarbeidspartnarar i miljøforvaltninga må difor involverast både lokalt og sentralt.

Når det gjelder avdekking av miljøkriminalitet vil regjeringa vidareføre felles aksjonar mellom politi og miljøstyresmakter og vurdere bruk av slike aksjonar på fleire miljøkriminalitetsområde enn i dag. Tolletaten vil også måtte inngå i eit slikt samarbeid ved grensekryssande kriminalitet.

8.1.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider for berekraftig planlegging og byutvikling med utgangspunkt i plan- og bygningslova. Dette inneber mellom anna å sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk, høg kvalitet i byrom og uteareal, og klima- og miljøvennleg transport. Grunnleggjande infrastruktur i form av gode kart- og geodata er viktig i arbeidet med å sikre god arealbruk og for å møte utfordringane med auka flaumar og tilrettelegging for betre handtering av overvatn.

Bygningsregelverket skal syte for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Energieffektivisering i bustader og andre bygg er viktig for å redusere det totale energibehovet.

Planlegging og avgjerder i medhald av plan- og bygningslova påverkar de fleste område i Noreg, både geografisk og fagleg. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit godt samarbeid med andre departement, inkludert Klima- og miljødepartementet, for å sikre nasjonale interesser innanfor ansvarsområda til dei ulike departementa. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit særleg søkjelys på strandsona, som framleis er eit utfordrande område trass i at det i meir enn 50 år har vore byggjeforbod etter plan- og bygningslova.

Det er kommunesektoren som står for det mest vesentlege av planlegginga i Noreg, og som skal avvege dei ulike omsyna i planlegginga. Det er følgjeleg primært kommunane som har ansvar for å sikre klima- og miljøomsyn som del av ei heilskapleg planlegging. Sektorstyresmaktene si oppgåve er å sikre at viktige regionale og nasjonale interesser blir tekne omsyn til i den kommunale planlegginga. Dersom statlege og regionale styresmakter meiner at interessene dei er sette til å sikre ikkje blir tilstrekkeleg tekne vare på i kommunale planar, kan de fremje motsegn. Spørsmålet blir då avgjort av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

God arealplanlegging er heilt sentralt for å ta vare på miljøverdiar og for å kunne kutte utsleppa av klimagassar. Statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging er eit sentralt verkemiddel. Regjeringa legg òg vekt på byvekstavtaler, der det blir brukt store midlar for å sikre at befolkningsveksten i dei største byane ikkje medfører auka persontransport med bil. Klimaeffekten av ressursbruken på dette området blir rapportert av Samferdselsdepartementet.

Omdisponering av skog og myr til andre formål medverkar til klimagassutslepp og har negative konsekvensar for naturmangfald og økosystemtenester. Omdisponering av jordbruksareal kan auke presset på nydyrking av karbonrike areal som skog og myr. I samsvar med Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019–2023 skal kommunane og fylkeskommunane i arealplanlegginga leggje vekt på arbeidet med å redusere utslepp frå arealbruksendringar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for statens byggje- og eigedomspolitikk i sivil sektor. Målet med statleg eigedomsforvaltning er at statlege verksemder har effektive lokale som støttar formålet med verksemda, og at statleg eigedomsforvaltning er verdibevarande, berekraftig og effektiv. Staten har betydelege areal til rådvelde, og statleg eigedomsutvikling handlar mykje om modernisering og ressursutnytting i eksisterande bygningsmasse. Ved leige av lokale i marknaden, statleg eigedomsforvaltning og i tidlegfasen av statlege byggjeprosjekt, skal grundige behovsanalysar, strategiske arealplanar og gevinstrealiseringsplanar leggjast til grunn. Det er eit stort potensial for å redusere statens areal- og investeringsbehov gjennom god utgreiingspraksis. Dette gjeld også for dei mange prosjekta under terskelverdi for KS-ordninga.

Utvikling og tilpassing av eksisterande eigedom framfor å byggje nytt, kan gi store miljøgevinstar. Statsbygg arbeider derfor med revitalisering og optimalisering av funksjonalitet og løysingar i eksisterande bygningsmasse.

Energi, miljø og klima er viktig innanfor alle verksemdsområde i Statsbygg. Regjeringa sitt mål om reduserte klimagassutslepp krev høg miljøfagleg kompetanse om lokalisering og konseptval, og gjennomføring av betydelege tiltak i byggjeprosessen og i eigedomsforvaltninga. Målet med regjeringas regional- og distriktspolitikk er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Ein berekraftig region har ei balansert befolkningssamansetjing og forvaltar menneskelege ressursar og naturressursar for utvikling og verdiskaping no og i framtida. Næringsliv og samfunnet elles skal kunne tilpasse seg endra føresetnader i økonomiske, sosiale og klima- og miljømessige rammevilkår. Måla for Kommunal- og moderniseringsdepartementets distrikts- og regionalpolitiske tilskot legg vekt på eit vekstkraftig næringsliv og verdiskaping i attraktive arbeidsmarknader over heile landet, regional utvikling over landegrensene og i nordområda og styrkt utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvaret for digitaliseringspolitikken til regjeringa og sektoransvaret for ekompolitikken. Digitalisering kan medverke positivt til å redusere klimaavtrykket gjennom smart bruk av teknologi i sektorar som transport, bygg, energi og andre. Dette arbeidet blir utført under samleomgrepet smarte byar og samfunn. Samtidig kan digitalisering, med sitt behov for energi, medverke til å auke klimaavtrykket. Dette kan avhjelpast ved å stille krav til energieffektivitet og energimiks i datasentera. Arbeidet med grøne datasenter blir utført som et ledd i ekompolitikken.

Rapport for 2019

Rundskriv H-5/18 «Samfunnssikkerhet i planlegging og byggesaksbehandling» og «Statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning» blei begge vedtekne i 2018. I 2019 har det vore arbeidd med formidling og rettleiing, rundskriv og retningslinjer. Det har særleg vore arbeidd med vidareutvikling av lovverket (klima, overvatn) og ulike verktøy som arealprofilar, arealdataverktøy og klimagassrekneskap.

I juli 2020 gav Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut rundskriv H-6/20 «Etablering av ladepunkter og ladestasjoner for elbiler – forholdet til plan- og bygningsloven mv.». Rundskrivet skal gjere det enklare å etablere fleire ladestasjonar og sørgje for at byggjesaksbehandlinga blir så enkel som mogleg.

Ulike låne- og tilskotsordningar i Husbanken medverkar til fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift, mellom anna på energi. 1. januar 2020 tok ny forskrift om lån frå Husbanken til å gjelde. Grunnlånet er erstatta med tre nye låneordningar, under dette lån til bustadkvalitet. Ny forskrift om lån til bustadkvalitet skal fremje miljø og tilgjengelegheit i nye bustader. Det kan givast lån til oppføring av bustader med godt inneklima og miljøvennlege materiale og byggjemetoder. For eksisterande bustader blir det gitt lån til å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjengelegheit.

Kostnadseffektivisering, digitalisering, arealutvikling, sirkulærøkonomi og vektlegging av klima og miljø generelt, har prega Statsbyggs aktivitetar i 2019. I 2019 blei program for arealutvikling avslutta. Programmet har etablert eit metodeverk og ei kunnskaps- og formidlingsplattform for arbeidet med modernisering og optimalisering av statens lokalbruk. Programmet blir følgt opp av forskings- og utviklingsprosjekt.

Riktig lokalisering av statlege verksemder skal gi låg miljøbelastning og styrkje stadutvikling. Lokalisering blir vurdert både i statlege byggjeprosjekt og når staten skal leige i marknaden. I 2019 blei det mellom anna gjennomført lokaliseringsutgreiingar for nytt Oslo fengsel og nytt politihus i Bergen.

Statens byggeprosjekt blir gjennomført ved utlysing av konkurransar i marknaden. Det gjeld både prosjektering og bygging. Grundige avgjerdsgrunnlag er viktige for å oppnå anskaffingar av god kvalitet, og for at staten skal ha effektive og berekraftige lokale. Anskaffingane skal også medverke til innovasjon og utvikling av næringa.

Miljøstrategien for 2019–2020 skal saman med Statsbyggs miljøstyringssystem medverke til å kunne levere berekraftige byggeprosjekt. Miljøstrategien har tre satsingsområde: klima, sirkulærøkonomi og lokalmiljø. Det er oppretta eit utviklingsprosjekt for å kunne gjere gode kostnad–nytte-vurderingar av miljøtiltaka i eit livsløpsperspektiv.

For porteføljen av byggeprosjekt har Statsbygg som mål å redusere klimagassutsleppa med 40 pst. målt mot minstekrav i byggteknisk forskrift og standard materialval i norsk byggjenæring. Klimagassutsleppa for byggeprosjekt som var i byggefase i 2019 blei redusert med 36 pst. når utslepp frå materiale til prosjekta og utslepp frå energi i drift over det normerte livsløpet til bygga på 60 år er inkludert i reknestykket.

Frå 2017 og 2018 blei passivhusnivå standard, både for bygga Statsbygg prosjekterer, og for bygga som blir ferdigstilte. Tilsvarande er delen nybyggprosjekt med energimerke A i energimerkeordninga aukande og ligg på om lag 2/3 av ferdigstilte nybyggprosjekt dei siste åra. Det blir jobba systematisk med å auke avfallssortering på byggjeplass, og i 2019 var gjennomsnittet 88 pst., mot forskriftskravet på 60 pst. For prosjekta i byggefase i 2019 var 30 pst. av areal under oppføring under miljøsertifisering etter BREEAM-NOR nivå excellent.

Berekraft er omtalt i dei overordna planane og strategiane til fylkeskommunane, til dømes regional plan, som styrer verksemda i fylkeskommunane. Fylkeskommunane og kommunane har ifølgje førebels rapportering gitt tilsegn for 80,8 mill. kroner til ulike typar miljøfremjande tiltak frå dei distrikts- og regionalpolitiske tilskota i 2019.

Innovasjon Noreg (IN) forvaltar bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta på oppdrag av fylkeskommunane. I selskapets strategi er berekraft spesielt vektlagt. Prosjekt som skal motta finansiering frå IN blir vurderte opp mot tre berekraftsdimensjonar: økonomi, miljø og samfunnseffektar av prosjektet. IN har laga ein rettleiar for heilskapleg vurdering av berekraft i finansieringssaker. Dersom eit prosjekt er vurdert å ha negativ miljø- eller samfunnseffekt, får ikkje prosjektet finansiering. 47 pst. av løyvde beløp gjekk til prosjekt med positiv miljøeffekt for oppdraga i 2019. Bioøkonomiordninga i IN skal medverke til auka verdiskaping og berekraftig omstilling av norsk næringsliv ved å utnytte det marknadspotensialet som bionæringane representerer basert på ressursar frå hav, jord og skog. Ordninga er ei oppfølging av regjeringas bioøkonomistrategi. IN rapporterer at det er høg etterspørsel etter verkemiddel innanfor bioøkonomi, og at programmet har resultert i fleire prosjekt som utnyttar biologiske ressursar betre.

Noreg deltek i EUs grenseoverskridande samarbeid gjennom Interreg-programma. Alle Interreg-programma Noreg deltek i, har smart, berekraftig og inkluderande vekst som overordna mål. Om lag 40 pst. av dei norske Interreg-midlane blei i 2019 nytta til innsatsområde knytte til lågkarbonøkonomi, risikohandtering ved klimaendringar, beskytting av miljø og berekraftig transport.

Offentlege anskaffingar skal innrettast slik at dei medverkar til å redusere skadeleg miljøpåverknad og fremje klimavennlege løysingar der det er relevant. I dette inngår å utvikle verktøy og rettleiingar om korleis miljøomsyn kan sikrast i anskaffingsprosessane. Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi) hadde fram til 1. september 2020 eit særskilt ansvar for arbeid med miljø- og klimaomsyn og livssykluskostnader i offentlege anskaffingar1.

I 2019 gjennomførte Digitaliseringsdirektoratet, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, eit pilotprosjekt retta mot dei seks toppleiargruppene i miljø- og klimasektoren. Målet for prosjektet var å auke kompetansen til toppleiarar om anskaffingar som strategisk verkemiddel for å nå verksemdsmål, oppnå effektivisering og kostnadsinnsparing og auke innovasjonstakts. Erfaringsrapport frå piloten blei ferdigstilt våren 2020.

For å nå ut til innkjøparane i kommunane vidareførte Digitaliseringsdirektoratet i 2019 samarbeidet med KS og Miljødirektoratet om regionale klimasamlingar. Direktoratet arrangerte ei klimasamling på Sørlandet der alle Agder-kommunane deltok, og ei samling i Innlandet der dei aller fleste kommunane i området var representerte. Direktoratet mottok ei aukande mengd førespurnader om å halde presentasjonar og medverke med opplæring i ulike nettverk og arrangement i 2019. Direktoratet innleidde også to internasjonale samarbeid i 2019, eitt om sirkulære anskaffingar og eitt med dei andre nordiske landa om anskaffingar av utsleppsfri levering av varer og tenester. Samarbeid mellom fleire aktørar gir større marknader for leverandørane og dermed betre grunnlag for å utvikle nye teknologiar og nye løysingar. I 2019 starta direktoratet også opp arbeidet med regjeringas handlingsplan for grøne og innovative anskaffingar på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Handlingsplanen blir ferdigstilt hausten 2020 og vil leggje føringar for arbeidet framover.

Plan for vidare arbeide

Regjeringa tek sikte på at energikrava i byggteknisk forskrift TEK17, som allereie er strenge, skal utviklast ytterlegare som følgje av mellom anna klimaforliket. Det er ei rekkje omsyn som må vurderast når energikrava skal vidareutviklast, mellom anna byggjekostnader, driftskostnader, miljøkonsekvensar, korleis energikrava påverkar andre byggkvalitetar og samspelet med energisystemet. Regjeringa arbeider òg med oppfølging av oppmodingsvedtak 716 og 717 frå stortingssesjonen 2016–2017, som handlar om tilrettelegging for lading av elbil i bygg, under dette i eigarseksjonssameige og burettslag, jf. Dokument 8:70 S og Innst. 315 S (2016–2017). For nærmare omtale sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har starta eit arbeid for å utvikle ein heilskapleg strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor. Det blir teke sikte på å leggje fram strategien i 2021. Blant temaa som skal vurderast, er klima/miljø og energi.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider med å «samle» ulike typar klimagassrekneskapar, for bygningar, for arealtypar og for transport, i ein samla modell som kan brukast for å anslå samla utsleppsverknader av eit forslag til plan. Dette kan brukast som eit utgreiings- og avgjerdsverktøy eller for å gi grunnlag for å stille presise krav til klimagassutslepp i planprosessar.

Statsbygg arbeider aktivt for auka digitalisering i byggje- og eigedomsnæringa. Dette skjer i samarbeid med næringa og ulike kunnskapsmiljø. Ved å stille krav til konsulentar, prosjekterande og entreprenørane i statens anbodskonkurransar er Statsbygg ein pådrivar for digitalisering og innovasjon i byggje- og eigedomsnæringa. Statsbygg tek sjølv i bruk nye digitale løysingar for å medverke til rasjonell drift, god arealutnytting og energisparing. Digitaliseringa gir òg høve til betre informasjon til brukarar og andre som blir påverka, samtidig som det gir meir effektive interne arbeidsprosessar. Fleire digitaliseringsprosjekt er i gang med formål om å redusere klimabelastninga, både i byggjeprosjekta og i eigedomsforvaltninga.

Smartby-utvikling i Noreg er omtalt i Meld. St. 27 (2015–2016) Digital Agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet følgjer opp dette saksområdet. Omgrepet smarte byar har fått aukande merksemd dei seinaste åra. Framveksten av desse omgrepa er knytt til globale trendar som urbanisering/fortetting, behov for å utnytte ressursane betre, klimautfordringar, digitalisering og demografiske endringar. Det finst ikkje nokon etablert eller fastlagd definisjon på kva omgrepet smarte byar inneber, men arbeidet med smarte byar er gjerne kjenneteikna gjennom fellestrekk ved utfordringane ein prøver å løyse (til dømes klimaproblematikk/urbanisering), måla ein ønskjer å oppnå (til dømes betre ressursutnytting, effektivisering/kvalitet), og verktøya ein bruker for å oppnå dei (til dømes ny teknologi og sterkare innbyggjarinvolvering).

Det å utvikle smarte byar og smarte samfunn er sektorovergripande. Det er vanleg at mellom anna følgjande område blir knytte til smartby-omgrepet: transport/mobilitet, energi, bygg, tekniske tenester (vatn og avløp/renovasjon) og velferdstenester. Fleire av områda som ofte blir knytte til utvikling av smarte byar, har stort potensial for å utvikle meir klimavennlege løysingar. Dette gjeld spesielt transport (både land og sjø), bygg og energi. På oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Agenda Kaupang tidlegare gjennomført ei kartlegging av arbeidet med smarte byar i kommunar, og dette har gitt betre innsikt. Rapporten viser at den viktigaste motivasjonen kommunane har for å satse på smarte byar, er å løyse klima- og miljøutfordringar.

Det vil i samband med oppdatering av Noregs datasenterstrategi bli undersøkt korleis det i endå større grad kan leggjast til rette for at datasenterindustrien skal bli grønare, til dømes gjennom å identifisere hindringar i regelverket som står i vegen for å ta i bruk fornybare løysingar. Arbeidet med datasenterstrategien vil mellom anna omfatte å vurdere relevante tiltak i verkemiddelapparatet for ytterlegare å styrkje norske datasenters klimastrategi, til dømes tiltak for effektiv bruk av spillvarme og initiativ for å sikre karbonnøytrale reserveløysingar for energi.

8.1.8 Kulturdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

God forvaltning av kulturminne i form av bygningar og anlegg, i hovudsak enkeltbygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske og industrielle kulturminne, bergkunst og kulturlandskap, og kulturminne i form av kyrkjer og gravplassar utgjer Kulturdepartementets bidrag til regjeringas samla klima- og miljøpolitikk.

Nasjonalt pilegrimsenter er ein del av verksemda Nidaros domkirkes restaureringsarbeider (NDR) og fungerer som pådrivar og koordinator for den nasjonale pilegrimssatsinga, som skal oppfylle målsetjingar innanfor både kyrkje, kultur, næring og miljø. Pilegrimsarbeidet ved NDR skal medverke til ei miljøvennleg og skånsam form for reiseverksemd og til utvikling av næringsverksemd og eit berekraftig reiseliv langs Pilegrimsleia. Pilegrimsferdsel er «grøn» turisme og saman med andre initiativ utgjer miljøaspektet ein sentral og viktig del av pilegrimssatsinga, både for miljøet, dei ulike aktørane og for pilegrimane sjølv, jf. NDRs langtidsplan for den nasjonale pilegrimssatsinga «Veien fram mot 2037 – Langtidsplan 2020–2037». Pilegrimssatsinga skal leggje FNs 10 berekraftsprinsipp for reiseliv til grunn for arbeidet, med mellom anna spesiell vekt på å respektere, vidareutvikle og framheve lokalsamfunnets historiske kulturarv, autentiske kultur, tradisjonar og særpreg, å minimere forureining av luft, vatn og land (inkludert støy) frå reiselivsbedrifter og turistar og å minimere genereringa deira av avfall og forbruk av knappe og ikkje-fornybare ressursar.

Kulturdepartementet føreset at mottakarar av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet ser til at føresegnene i plan- og bygningslova og aktuelle forskrifter, også når det gjeld klima- og miljørelaterte saker, blir følgde.

Rapport for 2019

Bevarings- og formidlingsarbeidet som musea gjer, medverkar til å spreie kunnskap om og oppleving av samanhengar og endringar i dei natur- og kulturbaserte miljøa som omgir oss. Musea rapporterer om ca. 5 000 kulturhistoriske bygningar i 2019.

Norsk kulturråd forvaltar tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over ordninga blei det for 2019 gitt tilskot på 9 mill. kroner til 49 sikringstiltak ved 23 museum. Det blir gitt tilskot til å førebyggje øydeleggingar ved mellom anna brann, tjuveri, hærverk og naturskade.

8.1.9 Kunnskapsdepartementet

Målet for Kunnskapsdepartementet (KD) sitt arbeid på klima- og miljøområdet er at utdanning og forsking skal medverke til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten, og det er derfor viktig at natur og miljø òg er ein naturleg del av verksemda i barnehagane og skulane. Miljøforsking er støtta gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg finansierer òg universiteta og høgskulane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si.

Rapport for 2019/2020

I 2019 var regjeringas samla finansiering av forsking på klima- og miljøområdet gjennom Forskingsrådet anslått til 3 mrd. kroner. Tala omfattar forsking finansiert gjennom alle Forskingsrådets verkemiddel, også dei som ikkje er særskilt retta mot miljø og klima. Den målretta innsatsen på klima og miljø var om lag 1,8 mrd. kroner. Kunnskapsdepartementet bidreg gjennom fleire av Forskningsrådets verkemiddel, under dette til store program som KLIMAFORSK og til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen (25 mill. kroner).

Prosjektet «Arven etter Nansen» blir og finansiert over Forskingsrådets budsjett. Raske klima- og miljøendringar i nord aukar behovet for kunnskap om sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet, og det er venta å gi kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er Noregs største marine forskingsprosjekt med eit totalbudsjett på 740 mill. kroner. Kunnskapsdepartementets årlege bidrag er 60 mill. kroner.

Bidrag til EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg viktig. Der er klima og berekraftig utvikling eit gjennomgangstema. 60 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til forsking som medverkar til berekraftig utvikling, og minst 35 pst. skal gå til klimarelatert forsking.

I samband med krisepakke 3 med økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet, jf. Prop. 127 S (2019–2020), er det prioritert 110 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett til tiltak som mellom anna skal fremje det grøne skiftet, retta spesielt mot område og prosjekt av relevans for næringslivet og der næringslivet er hardt ramma av krisa. Dette skal både støtte opp under forskings- og utviklingsaktivitet som er sett på vent på grunn av pandemien og styrkje norsk konkurransekraft på lang sikt. Tiltaka er mellom anna retta mot kommersialisering av forsking, regionale forskingsfond og forsking for det grøne skiftet.

Regjeringa har i perioden 2015–2020 tildelt 752 mill. kroner til prosjekt som skal oppgradere eksisterande areal i universitets- og høgskulesektoren. Dette er ei meir klimavennleg løysing enn å oppføre nye bygg. Eit kriterium for å søkje midlar gjennom ordninga er at institusjonen sjølv stiller med minst like mykje eigenkapital som det beløpet prosjektet deira blir tildelt. Vidare skal søknaden vere styregodkjend og i tråd med institusjonens campusutviklingsplan eller masterplan, der miljøomsyn normalt er sikra. Enkelte av prosjekta det er søkt om støtte til, har også ein utpreget klimaprofil, til dømes eit prosjekt ved Høgskolen i Vestlandet som er tildelt midlar for å innreie eit klimahus ved campusen deira i Bergen.

I samband med krisepakke 3 (Prop. 127 S (2019–2020)) har regjeringa sørgd for 250 mill. kroner til tilskot til oppgradering av studentbustader. Gjenbruk og oppgradering av eksisterande busetnad er viktige klima- og miljøtiltak.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gått i gang med å utvikle et indikatorsett som vurderer kor miljø- og klimavennleg drifta ved institusjonane i universitets- og høgskulesektoren er. Eit første forslag til grøne indikatorar blei sendt ut på høyring i februar 2020. Vidare progresjon i dette arbeidet er stansa inntil vidare på grunn av covid-19. Landets universitet og høgskular arbeider kontinuerleg med miljø- og klimatiltak i kjerneverksemda si gjennom måten forsking blir utforma og utdanningsinnhaldet innretta på, og gjennom innovasjon og samfunnskontakt.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) tildelte 100 mill. kroner i 2020 til fleksibel utdanning. Studietilbod som dekkjer behov knytte til grønt skifte var eitt av dei prioriterte fagområda. I revidert nasjonalbudsjett 2019 og ordinært budsjett 2020 tildelte regjeringa midlar til 90 nye studieplassar innanfor berekraftøkonomi og studieprogram innanfor teknologi/grønt skifte.

Plan for vidare arbeid

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015–2024 gir dei politiske føringane for Kunnskapsdepartementets satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta. Utdanning, forsking og innovasjon som kan hjelpe oss å nå klimamåla, er prioritert vidare framover. I den reviderte langtidsplanen er derfor klima, miljø og miljøvennleg energi ei av dei fem langsiktige prioriteringane.

Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Diku, og i dialog med sektoren, finne ei formålstenleg tilnærming for det vidare arbeidet med grøne indikatorar.

8.1.10 Landbruks- og matdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde med tilhøyrande natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggjemateriale og energi. Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i politikken til Landbruks- og matdepartementet (LMD). Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å betre miljøtilstanden og auka skjøtsel og istandsetjing av jordbrukets kulturlandskap.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er dyrka mark i bruk som jordbruksareal, i tillegg er det beitebruk i kulturlandskap, fjell og skog. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova til storsamfunnet. Regjeringa la i 2015 fram ein nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra. Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme og er leveområde for mange artar av planter og dyr.

Jordbrukslandskapet sitt mangfald og kombinasjon av natur- og kulturverdiar er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtala skal bidra til å nå dei nasjonale måla for det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt auka avrenning som reduserer verknaden av tiltaka. Målretta bruk av gjødsel, raskare nedmolding av husdyrgjødsel og betre lagring bidreg til redusert tap av næringssalt og utslepp til luft. Slike tiltak krev rettleiing, investering og tilskot for å auke gjennomføring for å nå måla.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er derfor alt jordbruk basert på omdanning og kretsløp av vatn og CO2. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Det meste av metanutsleppa kjem frå dyra si fordøying, særleg drøvtyggjarane. Resten kjem frå lagring og spreiing av husdyrgjødsel.

Skogbruket gir grunnlag for næring og arbeidsplassar over heile Noreg, samstundes som skogen er ein del av løysinga på klimautfordringane. Skogen tek opp omtrent halvparten av dei samla norske klimautsleppa. Tilveksten i skogen er mykje større enn hogsten, noko som både gir karbonbinding og auka høve til bruk av ein miljøvennleg og fornybar ressurs.

Mange raudlista artar lever i skog og kulturlandskap. God kunnskap og oversikt over det biologiske mangfaldet er nødvendig, og skog- og miljøkunnskapen gjennom skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er hovudplattforma for eit langsiktig og miljøvennleg skogbruk.

Rapport for 2019

Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, redusere utslepp til luft, hindre gjengroing og ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. I 2019 blei det gjennomført tiltak på 20 880 føretak for 525 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma. Det var ein auke på 600 føretak som gjennomførte miljøtiltak og søkte om tilskot frå året før. Om lag 60 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv i 2019, mens 40 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren ordninga Tilskot til utvalde kulturlandskap i jordbruket. 44 område som er eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap som inneheld særskilde verdiar knytte til naturmangfald og kulturmiljø var valde ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, der verdiane i områda mellom anna er knytte til jordbrukets kulturlandskap og avhengige av aktiv jordbruksdrift og skjøtsel.

Utslepp av klimagassar i jordbruket var i 2018 på 4,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,7 pst. av dei samla norske utsleppa. Utslepp frå jordbruket er blitt redusert med 5,3 pst. frå 1990 til 2018. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe på grunn av auka effektivitet i mjølkeproduksjonen er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket.

Nettoopptak i sektoren skog og arealbruk (LULUCF) utgjorde 23,7 millionar tonn CO2 i 2018. Dette tilsvarer nesten halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar i 2018. Skog står for hovudparten av karbonopptaket i sektoren. I 2018 var det eit netto opptak i skog på 27,8 millionar tonn CO2-ekvivalenter. Dei andre arealbrukskategoriane hadde eit nettoutslepp som tilsvarer 4,5 millionar tonn CO2. Utslepp ved arealovergangar frå skog til busetnad står for dei største utsleppa i sektoren. Det blei løyvd 38,9 mill. kroner til tilskot til skog-, klima- og energitiltak i 2019. Av dette blei det avsett 24 mill. kroner til klimatiltaka tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. 14,9 mill. kroner blei brukte til skogplanteforedling. Av desse blei 8,8 mill. kroner løyvde til Det norske Skogfrøverks forvaltningsoppgåver og 6 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedling som klimatiltak i skogbruket.

Den 21. juni 2019 underteikna regjeringa og organisasjonane i jordbruket ei intensjonsavtale om kutt i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Denne avtala skal leggjast til grunn for klimaarbeidet i jordbruket framover.

Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar, og har bedt regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2019 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 3 617 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Dette er under jordvernmålet for tredje året på rad, og om lag på same nivå som for 2018 og 2017, då omdisponeringa av dyrka jord var på høvesvis ca. 3 600 og 3 900 dekar. For fjerde året på rad aukar talet på godkjent areal for nydyrking. I 2019 blei så mykje som ca. 28 100 dekar godkjent. Det er ca. 3 300 dekar meir enn året før, og det høgaste talet sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005.

Arbeid for å redusere både bruken og risikoen ved bruk av plantevernmidlar er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmidlar (2016– 2020) er ein viktig reiskap i dette arbeidet. For 2019 blei det avsett 10 mill. kroner til å følgje opp handlingsplanen.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er nødvendig for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, artar og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Den store tekniske oppgraderinga av frøkvelvet som starta opp i 2018, blei ferdigstilt i 2019 og gir ein vasstett framkomsttunnel, auka tryggleik og forbetra kjølesystem som samla gjer frøkvelvet betre rusta mot klimaendringar på lang sikt. I 2019, under dei pågåande arbeida blei totalt 32 572 nye frøprøver frå 7 depositørar sikra i frøkvelvet, med institusjonar frå Slovakia, Sudan og Polen som førstegongsdepositørar. Samtidig blei tilbakesending av frø frå ICARDA ferdigstilt i 2019.

Den nasjonale strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk blei fastsett hausten 2019 og vil bli lagd til grunn for arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar framover. Det blei i 2019 løyvd 7,8 mill. kroner til 62 prosjekt til tiltak som skal styrkje arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar i jord- og skogbruket. Det blir også løyvd særskilt tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar. Tal frå 2019 viser at det er ein auke i talet på avlsdyr av dei bevaringsverdige husdyrrasane innan storfe, sau, hest og geit.

Landbruks- og matdepartementet gav også i 2019 støtte til vidare arbeid med prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som har utvikla eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,55 mill. kroner til dette arbeidet for 2019. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket.

Stortinget har vedteke at det er inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Noreg (NiN), som Artsdatabanken har ansvaret for, som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen, og sikrar blant annet eit dokumentert og etterprøveleg kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. Landbruksdirektoratet innarbeidde i 2017 omgrepsapparatet frå NiN i MiS-kartlegginga.

Areal i økologisk drift utgjorde i 2019 om lag 4,2 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. For 2019 er det ikkje utarbeidd statistikk for omsetning av økologiske varer frå daglegvarehandelen. I staden har Forbruksforskingsinstituttet (SIFO) gjort ein analyse av utviklinga i forbruket av økologisk mat. Analysen viser at tre av ti et økologisk mat ein gong i veka eller oftare. Det er ein svak positiv tendens i talet på forbrukarar som rapporterer at dei kjøper økologisk mat. Omsetninga utanom daglegvare auka i 2019 i alle kanalar.

Plan for vidare arbeid

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2020 heldt denne vridinga fram gjennom prioritering av klimatiltak.

Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv, og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization), og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk.

Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å avgrense matsvinnet. Landbruks- og matdepartementet vidarefører arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn, mellom anna gjennom bransjeavtala om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen. Statistikk for matsvinn i landbrukssektoren blir rapportert inn for første gong i år (2020) til bransjeavtalas første hovudrapportering.

Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel vil bli revidert.

Landbruks- og matdepartementet har vidareført verdsarvsatsinga Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med 7,5 mill. kroner over Jordbruksavtala for 2021. Ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket er også vidareført for 2021. Innanfor ramma av gjeldande finansiering vil ein sjå om det er mogleg å auke talet på område dei nærmaste åra.

Departementet følgjer opp Nasjonal pollinatorstrategi på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det lagt til rette for tilskot for tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvennlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir følgde opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap i landbruket, Handlingsplan for plantevernmiddel, regionale miljøprogram, SMIL-ordninga og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving skal formidle kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet.

Tiltaksplan for nedkjemping av skadelege framande organismar blir følgd opp gjennom tiltak både i jordbruket og skogbruket i tråd med planen for å hindre utsetjing og spreiing av artar som kan skade norsk natur og landbruksproduksjonen.

Ein nasjonal strategi for urbant landbruk er under utarbeiding i samarbeid med relevante sektorar leidde av Landbruks- og matdepartementet.

Skogen speler ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil framleis leggje til rette for tiltak som kan ta vare på, eller styrkje karbonlageret i skog, slik at meir fornybart skogråstoff kan erstatte fossile utslepp. Det er gjort framlegg om ei samla løyving på 40,2 mill. kroner til klimatiltak i skog, som oppfølging av klimaforliket og Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid. Desse er skogplanteforedling, tettare planting ved forynging av skog og gjødsling av skog. For det sistnemnde tiltaket er det er bestemt at ordninga skal vurderast i 2021. Skog-, klima- og energitiltak er styrkte med 4,5 mill. kroner for 2021. Desse midlane er tenkt brukte for å styrkje løyvingane til tettare planting og gjødsling av skog som klimatiltak for å realisere ein større del av det berekna klimagasspotensialet ved desse tiltaka.

Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2021. Slikt arbeid er avgjerande for å ta i bruk ny kunnskap i registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. Landbruks- og matdepartementet vil halde fram satsinga på Landsskogtakseringa. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklasser for både granskog, furuskog og lauvskog. Målingar dei seinaste åra viser også at mengda død ved aukar i norsk skog.

Regjeringa vil føre vidare ein samla pakke med miljøomsyn i skogpolitikken – løyvingar, tilskotsordningar, miljøregistreringar, miljøtiltak i skog og forsking og kunnskapsoppbygging. Saman med miljøsatsinga til skognæringa, ikkje minst Norsk PEFC Skogstandard, og verkemidla i naturmangfaldlova gir dette eit godt grunnlag for at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samtidig som det biologiske mangfaldet blir teke vare på.

8.1.11 Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsverksemd kan ha miljøkonsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemd innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der også omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) arbeider for at norsk næringsliv kan utnytte moglegheitene som ligg i auka vektlegging av klima- og miljømål i politikkutforming og marknader. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og tenester, er ein viktig del av dette arbeidet. Utfordringa med å utvikle og ta i bruk meir miljøvennleg teknologi er hovudsakleg ei oppgåve for næringslivet. Oppgåva til styresmaktene er først og fremst å utforme riktige rammevilkår.

Hovuddelen av klima- og miljøinnsatsen innanfor NFDs ansvarsområde går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av klima- og miljøteknologi, opprydding etter gruvedrift og industri, stimulering til fornying av den norske skipsflåten slik at ein får meir miljøvennlege skip, tiltak for berekraftig forvaltning av fiskeressursar og berekraftig havbruk, tiltak for sunn og trygg sjømat og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.

Rapport for 2019

I 2019 gjekk 51 pst. av Innovasjon Noregs tilsegner om lån og tilskot, om lag 3,4 mrd. kroner, til miljøretta prosjekt. Tilsvarande tal for 2018 var 49 pst. og 3,5 mrd. kroner. Døme på miljøretta prosjekt er kommersialisering av miljøteknologi, betring av miljøkvaliteten på produkt eller at prosjektet fører til at verksemda blir miljøsertifisert.

I tillegg til å gi finansiell stønad til prosjekt med miljøprofil, medverkar Innovasjon Noreg òg med nettverksaktivitetar og kompetansetenestar i prosjekt som har miljø som hovudinnretting. Berekraftig utvikling er eit viktig mål for fleire av næringsklyngjene i Innovasjon Noregs klyngjeprogram. I 2018 lanserte Innovasjon Noreg ei teneste for profilering av norske, grøne løysingar, kalla The Explorer. Dette er eit digitalt utstillingsvindauge for eksport av norske berekraftige løysningar som skal gi verksemder som leverer klima- og miljøvennlege løysningar ekstra draghjelp for å lykkast i internasjonale marknader. The Explorer vart som planlagt lansert våren 2019 og hadde ved utgangen av året over 550 000 besøkjande frå over 100 land.

Klima- og miljøspørsmål og kunnskap om årsaker og verknader og løysing av problema er sektorovergripande. Forskingsbasert kunnskapsutvikling på feltet er avhengig av fagleg samarbeid. Klima- og miljørelevant forsking er derfor utbreidd i satsingar som har andre hovudformål, og inngår dermed i mange av programma og ordningane som blir finansierte over Nærings- og fiskeridepartements budsjett. Miljøretta forsking innanfor marin og maritim sektor inkluderer forsking både på miljøkonsekvensar av påverknader i marine økosystem og på korleis verksemder innanfor desse sektorane kan drivast meir miljøvennleg.

Når Noregs forskingsråd vel ut prosjekt, blir det gjort ei vurdering av miljøverknadene av prosjekta. I porteføljen til Forskingsrådet utgjorde forsking som kan føre til reduserte klima- og miljøavtrykk, i alt 3 mrd. kroner i 2019. Dette er ein auke frå 2,5 mrd. kroner i 2018.

Over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett skjer tildeling til miljø- og klimarelevant forsking i hovudsak gjennom programma BIA, Marinforsk, MAROFF, Havbruk og Forny2020, løyvingar til institutta og nukleære aktivitetar. Tiltaka gjeld teknologiar som reduserer forureining ved hjelp av reinsing, meir miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar, meir effektiv ressurshandtering og ressursutnytting og teknologiske system som reduserer miljøpåverknaden.

Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfinansiering AS finansierer FoU-prosjekt som skal bidra til nyskaping, auka verdiskaping, og berekraft i sjømatnæringa.

Regjeringa har ambisiøse klima- og miljømål for den maritime næringa. Regjeringa vil stimulere til grøn vekst ved å leggje til rette for auka utvikling og bruk av låg- og nullutsleppsteknologiar, mellom anna energieffektiviseringstiltak og meir miljøvennleg drivstoff. Våren 2019 la regjeringa fram ein handlingsplan for grøn skipsfart. I planen inngår regjeringas ambisjon om å halvere utsleppa frå sjøfart og fiske innan 2030. Tiltaka i handlingsplanen vil vere viktige verktøy for å nå dette målet. I 2020 har regjeringa mellom anna oppretta ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart og ei eiga låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten. Formålet med ordningane er å stimulere til ei flåtefornying og utsleppsreduksjonar i maritim næring.

Investeringsselskapet Nysnø Klimainvesteringar AS fekk tilført 500 mill. kroner i eigekapital i 2019 og gjennomførte fleire investeringar. Selskapet skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringane sine, som i hovudsak er retta mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering.

Direktoratet for mineralforvaltning arbeider med tiltak for å avgrense forureininga etter tidlegare gruvedrift på Løkken, i Folldal og i Sulitjelma. NFD finansierer òg miljøtiltak i Raufoss Industripark.

Det vart gjennomført eit forskingstokt til Antarktis vinteren 2018–2019. Dette gav grunnlag for oppdaterte estimat for krilbestanden der det er hausting i Sørishavet.

Norsk nukleær dekommisjonering er nasjonalt organ for opprydding etter den nukleære verksemda og sikker handtering av nukleært avfall. Utgreiingar bereknar at oppryddinga kan koste meir enn 20 mrd. kroner i investeringar over fleire tiår. Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om saka i løpet av 2020.

Noreg vart i 2019 samd med dei andre EFTA-landa om eit nytt kapittel om handel og berekraftig utvikling som no blir lagt fram i alle forhandlingar om frihandelsavtaler. Kapittelet om berekraftig utvikling inneheld mellom anna nye føresegner om naturmangfald, klimaendringar, fiskeri og havbruk.

Plan for vidare arbeid

NFD vil medverke til å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og meir miljøvennlege varer og tenester, mellom anna gjennom miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg. Gjennom handsaminga av Prop. 127 og Innst. S 360 (2019–2020) løyvde Stortinget 333 mill. for 2020 til ei grøn plattform med felles konkurransearena for Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og Siva. Tiltaket skal fremje omstilling ved å gi støtte til prosjekt gjennom fleire stadium, frå grunnleggjande forsking til innovasjon og kommersialisering. Denne satsinga vart føreslått vidareført med same beløp i 2021 og 2022.

Innan Noregs forskingsråds program vil det bli gitt støtte til prosjekt som er venta å ha positiv effekt for klima og miljø. Forskinga på konsekvensar av klimaendringar for marine økosystem og ressursar vil bli ført vidare. Den systematiske overvakinga av hav- og kystområde for å kartleggje eventuelle uønskte stoff blir ført vidare. Det er òg lagt vekt på å styrkje kunnskapsgrunnlaget om forureining med plast og mikroplast i havet.

Nysnø Klimainvesteringer AS («Nysnø») skal gjennom investeringane sine finansiere ny teknologi som medverkar til det grøne skiftet og til å byggje framtidas lågutsleppssamfunn. Nysnø har i 2020 fått tilført til saman 1 000 mill. kroner i kapital. For 2021 gjer regjeringa framlegg om at selskapet vart tilført ytterlegare 700 mill. kroner.

Miljø er eit av dei prioriterte områda i den maritime strategien til regjeringa. Handlingsplanen for grøn skipsfart som vart lagd fram i 2019, vil vere eit sentralt verktøy for å nå regjeringas mål om å halvere utsleppa frå sjøfart og fiske innan 2030. Den særskilte ramma for innovasjonslån for nærskipsfart og fiskefartøy på 600 mill. kroner foreslås videreført i 2021. Sjøfartsdirektoratet samarbeider med næringa i prosjekt for å utvikle ny miljøvennleg teknologi og er ein pådrivar for strengare internasjonalt klima- og miljøregelverk i FNs maritime organisasjon IMO.

Direktoratet for mineralforvaltning skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Dette omfattar òg å syte for forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar og redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak.

Nærings- og fiskeridepartementet vil prioritere å leggje til rette for å halde fram miljømessig berekraftig vekst i havbruk. Det nye produksjonsreguleringsregimet i havbruksnæringa skal sikre at den ønskte auken i havbruksproduksjonen skjer innanfor miljømessig akseptable rammer. Det vil bli prioritert å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for estimat av fiskebestandar, og det må sikrast ein tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Det er viktig å utvikle og ta i bruk fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og bifangst og gjer mindre skade på botnhabitat. Innsatsen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUUfiske) er særleg viktig for å sikre ei berekraftig hausting av fiskeressursane. Det er òg sentralt kontinuerleg å overvake innhaldet av uønskt stoff og næringsstoff for å sikre at sjømaten er trygg og sunn, og sikre oppdatert kunnskap om samanhengen mellom inntak av sjømat og helse.

8.1.12 Olje- og energidepartementet

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Olje- og energidepartementet (OED) vil i 2021 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke regjeringa sin klima- og miljøpolitikk gjennom satsing på forsking og teknologiutvikling, uttesting og energiomlegging på petroleums- og energiområdet.

Rapport for 2019

Departementet medverka i 2019 til effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad og ei betring av samfunnets evne til å handtere risiko for flaum og skred. Førebygging av flaum- og skredskadar er gode klimatilpassingstiltak. Arbeidet skjedde i eit nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat og statsføretaket Statnett.

I 2019 har departementet følgt opp regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering slik han er presentert i departementets Prop. 1 S (2016–2017). Dette inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, i tillegg til internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.

Departementet har teke hand om eigaroppfølginga av Gassnova SF, under dette føretaket si forvaltning av statens eigarinteresser i teknologisenter Mongstad (TCM). Anlegget har vore ein arena for å teste teknologi for CO2-fangst sidan 2012. Staten og dei industrielle partnarane Equinor, Shell og Total er no samde om ei ny driftsavtale som varer ut 2023.

Arbeidet med å realisere fullskala CO2-handtering er gjort i samarbeid med Gassnova. Norcem har forprosjektert CO2-fangst frå sementfabrikken sin i Brevik, og Fortum Oslo Varme har forprosjektert CO2-fangst frå energigjenvinningsanlegget sitt på Klemetsrud. Transport og lager er forprosjektert av Equinor i samarbeid med Shell og Total. Det er gjort ekstern kvalitetssikring av heile prosjektet, og avtaler mellom staten og industriaktørane er forhandla fram. I andre kvartal av 2020 tok industriaktørane avgjerd om å investere under føresetnad om at dei får støtte frå staten.

Regjeringa foreslår for Stortinget å gi støtte til gjennomføring av eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2, jf. Meld. St. 33 (2019–2020) og OED sin Prop. 1 S (2020–2021). Regjeringa tilrår at prosjektet vert gjennomført med Norcem som første fangstprosjekt, og deretter Fortum Oslo Varme sitt fangstprosjekt under føresetnad av tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder. Stortinget kan ta avgjerd om investeringsløyving i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2021.

Regjeringa vil fremje effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar energi skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.

I 2020 la regjeringa fram Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen. I meldinga føreslo regjeringa fleire tiltak for å stramme inn behandling av vindkraftkonsesjonar framover, mellom anna å leggje meir vekt på miljø- og landskapsomsyn ved utbygging av vindkraft.

Ved kongeleg resolusjon vart det våren 2020 bestemt at områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II skal opnast for søknader om vindkraft til havs.

Regjeringa si satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er avgjerande for at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og -produksjon.

Departementet har delteke som observatør i Noregs forskingsråds program PETROMAKS 2, DEMO 2000, ENERGIX og CLIMIT. I tillegg har departementet følgt utviklinga i forskingssenter (PETROSENTER) for arktiske utfordringar og auka utvinning og i dei ulike sentera for miljøvennleg energi (FME).

I 2019 vart det opna eit nytt forskingssenter for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda på norsk sokkel. Målet med senteret er å utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi som gjer det mogleg at framtidig utbygging og drift av petroleumsførekomstar kan skje med lågast mogleg utslepp av klimagassar. Senteret skal òg utvikle teknologi som kan medverke til ein betydeleg reduksjon av utslepp frå eksisterande installasjonar.

I 2019 vart det gjort ei effektevaluering av PETROMAKS 2, DEMO 2000 og PETROSENTER for perioden 2008–2018. Evalueringa vart gjord av Rystad Energy og stadfestar at petroleumsretta forsking og utvikling gir store verdiar for det norske samfunnet og medverkar til løysingar som hjelper Noreg å nå sine framtidige klimaforpliktingar. Mellom anna seier studien at framtidig bruk av teknologi støtta i den perioden kan bidra til monalege kutt i CO2-utslepp frå norsk sokkel fram mot 2050.

ENERGIX hadde i 2019 sitt sjuande driftsår og er godt etablert som eit sentralt verkemiddel for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Olje- og energidepartementet finansierte programmet med 286,5 mill. kroner i 2019, og 52 nye prosjekt fekk tildeling. Fjerde runde av PILOT-E vart gjennomført i 2019. Fire prosjekt fekk tildeling for å utvikle utsleppsfri teknologi innan hydrogenbasert transport og bygg- og anleggsverksemd. Dei åtte teknologiske FME-sentera var i 2019 inne i sitt tredje driftsår og har alle etablert sterke miljø innan områda sine. 2019 var siste år for dei tre samfunnsvitskaplege FME som starta opp i 2011. På Energiforskingskonferansen i mai 2019 gav olje- og energiministeren senterstatus til to nye samfunnsvitskaplege FME. INCLUDE skal arbeide med ei sosialt inkluderande energiomstilling, medan NTRANS skal forske på rolla til energisystemet i omstillinga til nullutsleppssamfunnet.

Det var stor interesse for å søke om midlar frå CLIMIT i 2019. Det vart tildelt om lag 176 mill. kroner i støtte til 45 nye prosjekt gjennom programmet. Den aukande interessa for CO2-handteringsløysningar er særleg merkbar i CLIMIT-Demo, der industrien sjølv i større grad etterspør teknologi for å kutte klimagassutsleppa. Regjeringa sine ambisjonar for fullskala CO2-handtering har òg vore ei viktig orsak til auka interesse. Teknologi som er utvikla og støtta i CLIMIT har stor relevans for det norske demonstrasjonsprosjektet for fangst og lagring av CO2 som regjeringa vil bidra til å realisere. Det er òg prosjekt som vurderer å dra nytte av infrastrukturen til dette prosjektet.

I 2020 la regjeringa fram sin hydrogenstrategi, og styrka satsinga på hydrogenrelatert forsking og teknologiutvikling i samanheng med det.

Plan for vidare arbeid

Departementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av dei fornybare energiressursane. Dette gjeld miljøomsyn ved utbygging av vind- og vasskraftanlegg og ved nettutbygging. Departementet vil òg leggje til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag. Departementet vil prioritere arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkår i 2021.

Departementet vil følgje opp Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen i lys av behandlinga av meldinga i Stortinget.

Områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II er opna for søknader om fornybar energiproduksjon til havs frå 1. januar 2021. Departementet vil arbeide vidare med utviklinga av vindkraft til havs.

Departementet vil følgje opp arbeidet Noregs vassdrags- og energidirektorat gjer med å betre samfunnets evne til å handtere risiko for flaum og skred.

Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2. Arbeidet for å fremje CO2-handtering som eit klimatiltak internasjonalt held fram. Det vidare arbeidet for å etablere ein heil kjede for fangst, transport og lagring av CO2 vert følgt opp i tråd med avgjerda som Stortinget tek. Ei avgjerd om statleg støtte til prosjektet inneberer at det vert realisert og går vidare i 2021.

Regjeringa vil følgje opp hydrogenstrategien, og har foreslått ei eiga løyving til hydrogen i statsbudsjettet for 2021.

Regjeringa si satsing på miljøvennleg energiforsking vil byggje vidare på FME-ordninga, ENERGIX og CLIMIT. FoU-strategien Energi21 gir styresmaktene og industrien råd på innrettinga av satsinga. Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til næringsutvikling og til å byggje opp samfunnsfagleg kunnskap til dømes om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov osv.).

Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumssektoren er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsnæringa som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Redusert miljøpåverknad og lågare klimagassutslepp er viktige mål for forskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000. Dei tre sentera for petroleumsforsking (PETROSENTER), ikkje minst lågutsleppssenteret, står òg sentralt i satsinga.

8.1.13 Samferdselsdepartementet

Transportsektoren står for ein stor del av klimautsleppa våre og skal derfor også stå for mykje av kutta vi skal ta for å nå mål og forpliktingar. Samferdselsdepartementet jobbar derfor aktivt og målretta med å leggje til rette for nødvendig grøn omstilling i sektoren. Eit av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2018–2029 er at transportpolitikken skal medverke til å redusere klimagassutsleppa i tråd med omstillinga mot eit lågutsleppssamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar. Samferdselsdepartementet legg stor vekt på eit taktskifte for å ta i bruk meir miljøvennleg transportmiddelteknologi og alternative drivstoff. Samferdselsdepartementet skal bidra til at det blir lagt til rette for arealbruk som reduserer transportbehovet, og utforme verkemiddel som medverkar til meir klima- og miljøvennlege løysingar for personar og gods. Samferdselssektoren påverkar naturmangfaldet gjennom å vere utbyggjar og forvaltar av infrastruktur med tilhøyrande aktivitet. Støy og redusert luftkvalitet er lokale miljøproblem som kan påverke helsa til folk negativt.

Rapport for 2019

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå for 2019 viser at utsleppa frå transportsektoren samla var på omtrent 15,3 millionar tonn CO2-ekvivalenter. Utsleppa frå vegtrafikken gjekk ned med 7,7 pst. frå 2018 til 2019 og var totalt 8,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Utviklinga kjem av auka innblanding av biodrivstoff frå 2018 til 2019 og innfasing av elektriske køyretøy. Samstundes viser statistikken at det har vore liten trafikkvekst, snaue 0,5 pst. for lette og tunge køyretøy samla sett frå 2018 til 2019.

I 2019 var 42,4 pst. av salet av nye bilar nullutsleppskøyretøy, mens delen i 2018 var 30,6 pst. Per 1. september 2020 var det i overkant av 300 000 nullutsleppspersonbilar i Noreg (10,8 pst.). Klimagassutsleppa frå innanriks sjøfart og fiske var i 2018 på 3,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Meir enn 80 pst. av togtrafikken i Noreg skjer med elektriske tog. Jernbanetransporten slepper årleg ut om lag 0,05 millionar tonn CO2.

For sivil luftfart er det berre utslepp frå innanriks luftfart som inngår i Noregs utsleppsforpliktingar som er melde inn til FN som Noregs bidrag under Parisavtala og lovfesta i klimalova. Innanriks luftfart i Noreg sleppte i 2019 ut om lag 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa har vore relativt stabile sidan 2005. Klimagassutslepp frå utanrikstrafikken, det vil seie frå norske flyplassar til første destinasjon i utlandet, var i 2018 på 1,65 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 la regjeringa fram sine måltal for låg- og nullutsleppskøyretøy. Rapportering av desse måltala finst i Samferdselsdepartementets Prop. 1 S (2020–2021).

Det er føresett at dei ulike køyretøysegmenta vil ha ei teknologisk modning, slik at nullutsleppskøyretøy blir meir konkurransedyktige samanlikna med konvensjonelle løysingar.

Samferdselsdepartementet har utarbeidd fleire handlingsplanar om auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi og biodrivstoff. Utbygging av infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff skal på eit så tidleg stadium som mogeleg gjennomførast utan tilskot. Dei verkemidla som styresmaktene har, til dømes Enova, skal byggje opp under dette.

Grenseverdien som forureiningsforskrifta set for svevestøv av storleiken PM10, blei ikkje broten i nokon byar i 2019, men nasjonalt mål blei ikkje oppnådd i Oslo og Kristiansand. Utslepp av NO2 er på veg ned. Både i 2018 og 2019 blei grenseverdien for NO2 overhalden på alle målestasjonar i Noreg. Det same gjeld for utslepp av fint svevestøv (PM2,5).

Ifølgje SSB (2016) er 1,9 millionar menneske utsette for vegtrafikkstøy over 55 dB utanfor bustaden sin i Noreg. Det er derfor eit særleg behov for tiltak innanfor denne sektoren og spesielt retta mot vegtrafikken.

Transportetatane og -verksemdene skal prøve å unngå inngrep i verna naturområde og tyngre inngrep i større samanhengande naturområde, sårbare naturtypar og verdifulle kulturområde. Det skal òg takast omsyn til naturmangfald og økologisk og kjemisk vasskvalitet i planleggingsfasen og byggjefasen og gjennom drift og vedlikehald, slik at ein held ved lag god økologisk tilstand. For å redusere bruken av salt har Statens vegvesen sett i verk fleire tiltak dei siste åra, særskilt i driftskontraktar. Der er det lagt vekt på å redusert saltbruk gjennom kartleggingar, val av kontraktsutforming og driftsklassar, val av utstyr med meir. Kystverket har sett i gang fleire utgreiingar for å styrkje kunnskapen om korleis farleiprosjekt påverkar naturmangfald og vasskvalitet.

Plan for vidare arbeid

CO2-avgifter og kvotar er dei viktigaste klimaverkemidla, fordi dei medverkar til ei kostnadseffektiv deling av utsleppsreduksjonane mellom sektorane. CO2-avgifta aukar med 5 pst. neste år. Regjeringa rettar innsatsen mot utvikling av teknologi for at låg- og nullutsleppskøyretøy skal bli meir konkurransedyktig. Bymiljø- og byvekstavtalane og belønningsavtalane vil vere blant dei viktige verktøya for å oppnå at fleire reiser kollektivt, syklar og går i dei største byområda

Samferdselsdepartementet og transportetatane held fram med å auke merksemda på å nytte innkjøpsregelverket for å auke tilbodet av meir miljø- og klimavennleg transport. Etatane og Avinor arbeider med å redusere utsleppa frå bygging, drift og vedlikehald.

Det trengst eit breitt samarbeid for å betre den lokale luftkvaliteten, både med tanke på NO2 og svevestøv. Krava i forskrifta om lokal luftkvalitet for NO2 kan ved ugunstig vêr bli brotne enno nokre år om det ikkje blir sett i verk tiltak. Lokale styresmakter kan nytte ei rekkje ulike tiltak, og det er framleis naudsynt med generelle tiltak retta mot svevestøv, til dømes piggdekkgebyr, å setje ned fartsgrensene om vinteren og å bruke saltløysning og auka reinhald for å dempe at støv kvervlar opp frå vegbanen. Statens vegvesen vil arbeide vidare med å undersøkje utslepp frå bilar i verkeleg trafikk og ved låge vintertemperaturar.

Det blir utført tiltak på bustader for å få støynivået under grenseverdien i forureiningsforskrifta, som er 42 dB innandørs. I tråd med det nasjonale målet for reduksjon av støy blir det også utført tiltak på bustader som er utsette for støy over 38 dB innandørs.

Ei arbeidsgruppe nedsett av Klima- og miljødepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Samferdselsdepartementet har greidd ut kostnadseffektive tiltak for redusert støyplage. Arbeidsgruppa tilrår eit vidare utgreiingsoppdrag for å etablere eit betre kunnskapsgrunnlag for måling av effekten av støy. Departementa planlegg eit slikt oppdrag.

Alle infrastrukturprosjekt vil kunne påverke naturmangfaldet. På same måte som det er vanskeleg å reversere klimapåverknaden, kan det vere vanskeleg å reversere negativ påverknad på naturmangfaldet. Det er ikkje registrert prosjekt med stor til kritisk negativ konsekvens for naturmiljø og vasskvalitet som følgje av investeringane i budsjettforslaget i 2021.

Regionale planar for vassforvaltning er det viktigaste planverktøyet for betre vassmiljø i Noreg. Etatane og selskapa tek del i arbeidet med rullering av regionale planar og tiltaksprogram etter vassforskrifta. Det skal arbeidast vidare for å fase ut og erstatte miljøskadelege kjemikaliar med mindre miljøskadelege kjemikaliar og/eller metodar i tråd med substitusjonsplikta og føre var-prinsippet.

Etatane og underliggjande verksemder skal arbeide for å redusere utsleppet av plast og unngå at mikroplast blir spreidd til naturen og spesielt til vassførekomstar.

Regjeringa arbeider vidare med tiltak som har effekt både på kort og på lang sikt, slik at transportsektoren bidreg til at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Med budsjettforslaget for 2021 aukar løyvingane til jernbane og tilskot til store kollektivprosjekt.

Regjeringa føreslår om lag 6,5 mrd. kroner til å følgje opp bymiljø- og byvekstavtalane og belønningsavtalane i 2021. Dette er ein auke på om lag 23 pst. frå 2020. Av dette blir det føreslått om lag 2,6 mrd. kroner i tilskot til store kollektivprosjekt i dei fire største byområda, der staten dekkjer inntil 50 pst. av kostnadene. Det er òg sett av om lag 2,8 mrd. kroner til belønningsmidlar og tilskot til reduserte bompengar, betre kollektivtilbod og reduserte billettprisar på kollektivtrafikk. Dette inkluderer tilskot som gjer det mogleg å auke det statlege bidraget til store kollektivprosjekt frå 50 til 66 pst. Regjeringa føreslår 100 mill. kroner i tilskot til kommersielle buss- og båtruter som følgje av smitteverntiltak.

Til jernbaneformål er det føreslått om lag 32,1 mrd. kroner i 2021. Ein auke på 5,2 mrd. kroner frå saldert budsjett 2020. Her er det sett av om lag 1,0 mrd. kroner til gonge-, sykkel- og kollektivtiltak langs riksvegar og 10 mill. kroner til utvikling av stasjonar og knutepunkt langs jernbanen.

Regjeringa føreslår å løyve 52,2 mill. kroner til Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) for 2021. Forslaget inkluderer 25 mill. kroner til oppstart av etablering av fasilitetar for testing av oljevernteknologi på Fiskebøl i Hadsel kommune i Vesterålen. For tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner føreslår regjeringa for 2021 52,9 mill. kroner, for tilskotsordninga til hamnesamarbeid 11,2 mill. kroner og for tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø 31,6 mill. kroner. Det er vidare sett av 90 mill. kroner til den mellombelse tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til jernbane. I nye ferjekontraktar som startar opp i 2021, er det stilt krav til låg- og nullutsleppsløysingar der teknologien tilseier det.

Det blir innført fritak for flypassasjeravgift for reiser med låg- og nullutsleppsfly i 2021. Det blir vurdert om fritaket skal notifiserast av ESA.

8.1.14 Utanriksdepartementet

Klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar

Konsekvensane av klimaendringane rammar utviklingslanda og dei mest sårbare statane særleg sterkt. Hyppigare tørke- og flaumkatastrofar fører til sviktande avlingar i landbruket og øydelagd infrastruktur. Klimaendringane kan medverke til å undergrave det som hittil er oppnådd for å nedkjempe fattigdom og for å nå berekraftsmåla.

Regjeringa har derfor gjort klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt til eit sentralt element i den norske utviklingspolitikken. Innsatsen på området skal trappast opp i åra framover. Samtidig vil arbeidet med reduksjon av utslepp av klimagassar og luftforureining halde fram. Slik vil regjeringa styrkje det norske bidraget til gjennomføring av Parisavtala, arbeidet for berekraftsmåla og gjennomføringa av det globale Sendai-rammeverket for katastrofeførebygging.

Den norske støtta i 2019 vart gitt på nasjonalt, regionalt og globalt nivå. Det grøne klimafondet (GCF) under FNs klimakonvensjon var ein av dei største mottakarane av norsk klimafinansiering (400 mill. kroner i 2019). Halvparten av fondets investeringar går til utsleppsreduksjonar, og den andre halvparten skal gå til klimatilpassing. Det vart òg gitt betydeleg klimabistand gjennom kjernebidrag og øyremerkte tilskot til dei multilaterale utviklingsbankane. Noreg medverka til styrkt vêrvarslingstenester i Afrika og Søraust-Asia gjennom Verdas meteorologiorganisasjon og Meteorologisk institutt. Støtta til førebygging av klimarelaterte katastrofar gjennom Verdsbanken og FNs organ for katastrofeførebygging vart styrkt.

I 2021 vil arbeidet med klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar bli intensivert. Dette vil bli sett i samanheng med handlingsplanen for berekraftige matsystem som òg vil vere eit viktig bidrag til klimatilpassing.

Miljø

Eit reint og sunt miljø er ein føresetnad for å nå berekraftsmåla for utvikling. Regjeringa har auka innsatsen for globale miljøtiltak. Norske bistandsmidlar støttar tiltak i utviklingsland for gjennomføring av globale avtaler på miljøområdet, som avfallshandtering og kompetansebygging. Nokre hovudkanalar for dette er FNs miljøprogram (UNEP) og Den globale miljøfasiliteten (GEF). Vi medverkar òg til å styrkje internasjonal forvaltning av biodiversitet gjennom konvensjonen om biodiversitet, og fremje samanhengane mellom miljø og helse gjennom samarbeid med mellom anna Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Hav

Hav er ei sentral interesse i norsk utanrikspolitikk, og regjeringa har styrkt det internasjonale samarbeidet om havpolitiske spørsmål. Berekraftig forvaltning og bruk av verdas hav er avgjerande for vår felles framtid og ein føresetnad for implementering av dei fleste berekraftsmåla, under dette kamp mot svolt, jobbskaping, kamp mot klimatrusselen, ivaretaking av biologisk mangfald og andre mål. Statsministeren har oppretta eit høgnivåpanel med 14 sitjande stats- og regjeringssjefar som i 2021 vil leggje fram konkrete tilrådingar for utvikling av ein berekraftig havøkonomi globalt. Klima- og miljøtruslane er eit hovudtrugsmål for å realisere vekstmoglegheiter i den blå økonomien. Det er derfor sterke koplingar mellom regjeringas klima-, miljø- og havinnsats.

Marin forsøpling

Noreg har aktivt medverka til at innsats mot marin forsøpling, mikroplast og miljøkriminalitet er høgt på den internasjonale dagsordenen. Regjeringa arbeider for å få på plass ei avtale for å kjempe mot marin forsøpling. Vidare har regjeringa oppretta eit eige bistandsprogram mot marin forsøpling som skal hjelpe utviklingsland å forhindre og redusere marin forsøpling. I 2019 vart om lag 241 mill. kroner utbetalte til 34 organisasjonar og prosjekt. Blant desse organisasjonane er det både multilaterale organisasjonar som FN og Verdsbanken, ikkje-statlege organisasjonar (NGO-ar) og forskingsinstitutt. Dei fleste av desse samarbeider med styresmakter, privat næringsliv, sivilsamfunnsorganisasjonar og/eller lokalbefolkning. I perioden 2019–2022 har regjeringa sett av 1,6 mrd. kroner til programmet.

Fornybar energi

Tilgang til energi er ein sentral føresetnad for økonomisk og sosial utvikling. Stabil forsyning av elektrisitet er òg ein føresetnad for næringsutvikling og jobbskaping. Energisektoren er den største kjelda til utslepp av karbondioksid. Det er derfor avgjerande at den eksisterande energiproduksjonen går over frå fossil energi til fornybar, at ny energiproduksjon er basert på fornybare kjelder som vasskraft, sol og vind, og at innsatsen på energieffektivisering blir styrkt. Regjeringa vil også styrkje innsatsen på å medverke til utfasing av kol.

Talet på personar utan tilgang til elektrisitet har sidan år 2000 blitt redusert frå 1,7 milliardar til 840 millionar i 2017. Vellykka program i fleire land medfører at talet på personar som får tilgang til elektrisitet aukar, men innsatsen må aukast for å nå berekraftsmål 7. Nesten all auke i tilgangen på elektrisitet sidan 2000 er basert på tilkoplingar til det nasjonale straumnettet, og det er venta at tilkopling til nettet vil halde fram med å vere den føretrekte løysinga. I område med spreidd busetnad vil desentraliserte løysingar ofte vere rimelegare. Framleis manglar omtrent 3 milliardar menneske tilgang til gode kokeløysingar, og det har omfattande utviklingsmessige konsekvensar. Omtrent 4 millionar menneske døyr årleg som følgje av innandørs luftforureining. Regjeringa vil i 2021 auke innsatsen for å skaffe tilgang til trygge og gode kokeløysingar.

Løyvinga til fornybar energi dekkjer støtte til tiltak som medverkar til tilgang til elektrisitet, utbygging av fornybar energi og mobilisering av privat sektor til å delta i slik utbygging. Dette skjer gjennom tiltak som betrar investeringsklimaet, slik som kapasitets- og institusjonsbygging, tiltak som reduserer risikoen i tidleg prosjektfase, utbygging av straumnettet og støtte til lokale straumløysingar. Løyvinga er særleg retta mot land i Afrika.

Vatn og sanitær

Mangel på tilgang til trygt drikkevatn og gode sanitærløysingar trugar oppnåinga av berekraftsmåla og kampen mot fattigdom. Framleis manglar 785 millionar menneske tilgang til grunnleggjande vassforsyning, og 673 millionar har ikkje tilgang til toalettfasilitetar. Klimaendringane forsterkar problema med manglande tilgang til vatn og sanitær.

I 2019 blei det gitt 108 mill. kroner til vass- og sanitærtiltak. Hovudinnsatsen skjer gjennom humanitær bistand, helse, utdanning, sivilt samfunn og regionløyvinga. Noreg støttar Unicefs arbeid med vatn, sanitær og hygiene. Unicef har aktivitet i om lag 80 land. Bilateralt støttar Noreg aktivitetar i mellom anna Afghanistan og Myanmar. Videre støttar Noreg tiltak som legg til rette for samarbeid om felles forvaltning av grenseoverskridande vassdrag.

Matsikkerheit

Klimaendringar og landbruk er prosessar som påverkar kvarandre. Endringar i gjennomsnittleg temperatur, nedbørnivå, ekstremvêr, havnivå og konsentrasjonen av ozon og CO2 i atmosfæren er blant dei mange elementa som påverkar landbruket. Så mykje som 95 pst. av landbruksarealet i Afrika sør for Sahara er avhengig av naturleg nedbør og såleis svært sårbart for svingingar i vêr og endringar i klima.

På den andre sida står landbruk ifølgje FNs klimapanel for rundt 24 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar. Det er behov for å tenkje nytt når det gjeld reduksjon av klimagassar frå landbruket.

Noreg lanserte våren 2019 ein handlingsplan for berekraftige matsystem i norsk utanriks- og utviklingspolitikk. Eit viktig aspekt med planen er at det blir arbeidd heilskapleg med fleire berekraftsmål samtidig. Noreg satsar med dette meir på matsikkerheit og koplingane mellom mat og andre utviklingspolitiske satsingar. Dette inkluderer koplinga mellom humanitær innsats og langsiktig utvikling, klimatilpassing og førebygging, så vel som arbeid med helse, utdanning og miljø. Klimatilpassing i landbruket vil i tillegg medverke til at lokalsamfunn blir meir robuste og får styrkt kapasitet til å stå imot klimarelaterte kriser.

EØS-midlane

Mange europeiske klima- og miljøutfordringar er grenseoverskridande og krev samarbeid på tvers av landegrensene. Gjennom EØS-finansieringsordningane blir tiltak som fremjar klima, miljø og fornybar energi, støtta. Midlane medverkar til at landa skal kunne oppfylle dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine, inkludert oppfylling av EU-direktiva. EØS-midlane styrkjer òg dei bilaterale relasjonane mellom Noreg og mottakarlanda, og innanfor miljø og klima er etatane i miljøforvaltninga, under dette Miljødirektoratet, og ei rekkje forskingsaktørar og institusjonar aktive i fleire land. Samarbeidet mellom norske aktørar og partnarar i mottakarlanda er positivt for det nasjonale miljøarbeidet vårt, ettersom forvaltninga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid.

Rapport 2019 – Miljøforvaltning og biologisk mangfald og klimatilpassing og fornybar energi

Miljø, energi, klima og lågkarbonsamfunnet er blant prioriterte hovudsektorar under EØS-midlane 2014–2021. Støtta til eit grønt Europa omfattar i alt 14 program med en samla tildeling på om lag 403 mill. euro i 12 land. Detaljerte planar, inklusive konkrete mål, blei ferdigstilte i løpet av 2019, og to prosjekter blei sette i gang. Om lag 4 500 personar har delteke på ulike opplæringstiltak.

Plan for vidare arbeid

For perioden 2014–2021 er forventa resultat at det årleg skal produserast 8 170 447 MWh/år av fornybar energi. CO2-utslippet i landa blir venteleg redusert med om lag 1 000 000 tonn. Det er venta at tiltak innanfor energieffektivisering vil gi eit redusert energiforbruk på 852 808 MWh årleg i dei 12 landa. Det er lagt til rette for produksjon av fornybar energi i storleiksordenen 20 MWh årleg.

8.2 FNs berekraftsmål

Noregs statsminister underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015 og har med dette forplikta seg til gjennomføring og implementering av måla. Regjeringa stadfestar dette oppdraget i Granavolden-plattforma 2019 ved å slå fast at «Regjeringen anser FNs bærekraftmål som sentrale for å løse vår tids største globale utfordringer».

I 2016 la Noreg fram den første frivillige nasjonale rapporten til FN om framdrifta. Noreg har sidan følgt opp med oppdatert rapport «One year closer» som blei lagt fram i 2018 og 2019. Rapporten synte at politikk og regelverk i Noreg i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet for nasjonal rapportering

Behovet for ei meir integrert tilnærming til økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn i politikkutforming går klart fram av Agenda 2030 og er understøtta av utviklinga i dei store miljøkonvensjonane, til dømes konvensjonen om bevaring av biomangfald. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hos alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei.

Berekraftsmåla framhevar miljø og klima både som eigne mål og prioriterte felt og som tverrgåande omsyn. Dei mest sentrale miljømåla er omtalte her. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement og i nasjonalbudsjettet. Styrkt koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.

Mål 16 om betre styresett og mål 17 om finansiering og gjennomføringsmidlar er òg svært relevante for klima- og miljøpolitikken, men blir ikkje omtalt av Klima- og miljødepartementet.

Mål 6 Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

Nasjonalt nivå

Norske innbyggjarar har universell tilgang på trygt og rimeleg drikkevatn, tilstrekkelege og likeverdige sanitærforhold og god kloakkhandtering. Delen av befolkninga som har tilgang på trygge drikkevasstenester, utgjer 100 pst.

Den norske vassektoren er godt regulert og av høg teknisk standard. Identifiserte utfordringar er hovudsakleg knytte til aldrande distribusjonssystem, udokumenterte mindre vassforsyningssystem og uvisse knytt til beredskap. Noreg har forplikta seg til WHO og UNECEs protokoll om vatn og helse og arbeider for å oppnå berekraftsmål 6 ved å setje nasjonale mål. I dei seinare åra har det blitt utført fleire viktige tiltak, mellom anna revisjon av drikkevassforskrifta med auka søkjelys på å styrkje område som sikrar drift og forvaltning av distribusjonssystemet, registrering av mindre vassforsyningssystem og auka risikobasert tilnærming for å betre overvaking (delmål 6.1).

Gammalt og dårleg leidningsnett utgjer ei utfordring på både vass- og avløpssida, og ei viktig målsetjing for Noreg er derfor å auke fornyingsraten av leidningsnettet. Utslepp av farlege stoff som kan påverke drikkevatnet, er strengt regulert og avfallsdumping er nesten eliminert. Det ligg føre nasjonale system for avfallshandtering og lovgiving for å beskytte vatn mot forureining. Det meste av avløpsvatnet og kloakken blir behandla, og 87 pst. av befolkninga er kobla til avløpsanlegg «med kapasitet på» 50 personekvivalentar eller meir og har tilgang på sikre sanitærfasilitetar. Den resterande delen av befolkninga har tilgang på grunnleggjande handterte sanitærfasilitetar. Arbeidet som står att består i å utfase anlegg med ureinsa utslepp og å oppgradere mekaniske anlegg til primærreinseanlegg som er knytte til større tette busetnader langs kysten og omfatta av EUs avløpsdirektiv (delmål 6.2 og 6.3).

Det blir arbeidd med å få implementert ei integrert forvaltning av vassressursane på alle nivå i Noreg, og det er under indikator 6.5.1 rapportert ei måloppnåing på 63 pst. Graden av måloppnåing heng saman med Noregs gjennomføring av EUs vassdirektiv. Direktivet blir gjennomført ved nasjonal lovgiving, og dei første vassforvaltningsplanane blei vedtekne i 2016. I tråd med vassforvaltningsplanane vil det bli sett i verk tiltak for å oppnå god økologisk og kjemisk status i dei fleste vassførekomstane innan 2033 eller tidlegare. Norsk måloppnåing er venta å auke i 2021 når vassforvaltningsplanane for neste planperiode blir vedtekne. Norsk måloppnåing knytt til indikator 6.5.2 er 59,5 pst., tilsvarande dei delane av den norsk-finske vassregionen som drenerer til den norske kysten, og som er underlagde ei formell, bilateral avtale om felles norsk-finsk vassforvaltning. Dei resterande 40 pst. tilsvarer fleire grenseoverskridande nedbørsfelt som hovudsakleg drenerer frå norsk til svensk territorium. Noreg og Sverige har eit nært vassforvaltningssamarbeid, men med utgangspunkt i eit meir uformelt strategidokument og ikkje ei bilateral avtale (delmål 6.5).

Internasjonalt nivå

I 2018 gav Noreg ca. 150 mill. kroner til støtte av aktivitetar under berekraftsmål 6. Økonomisk støtte er primært gitt gjennom sektorprogram, slik som helse, utdanning, landbruksutvikling og humanitær bistand. Gjennom Kirkens Nødhjelp fekk ca. 1,5 mill. menneske tilgang på vatn og ca. 350 000 menneske fekk tilgang på sanitærfasilitetar. Noreg søkjer å fremje samarbeid om grenseoverskridande vassressursar og betra forvaltning av vassressursar, også med sikte på utvikling av vasskraft. Noreg hjelper til med å etablere eit samarbeid om felles styring av grenseoverskridande vassressursar, spesielt i elveområde som Nilen, Eufrat, Tigris og Himalaya. Gjennom FNs miljøprogram (UNEP) støttar Noreg også aktivitetar for å betre handtering og behandling av avløpsvatn i utviklingsland. Noreg speler også ei aktiv rolle for europeisk samarbeid under protokollen for vatn og helse.

Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Målet inneber at produsentar og forbrukarar må ta omsyn til kostnader for miljøet av produksjon og forbruk. Norske styresmakter bruker avgifter og andre reguleringar for å fremje berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar. Regjeringa prioriterer høgt utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi i Noreg og utviklar ein nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi som skal medverke til å beskytte miljøet, redusere klimagassutslepp og sikre berekraftig produksjon, jf. indikator 12.1.1. Strategien vil òg medverke til økonomisk vekst og betre konkurranseevne for norsk næringsliv.

Regjeringa sin bioøkonomistrategi og oppfølging av denne vil òg bidra til å utvikle ein grøn og sirkulær økonomi og måla for dette arbeidet. Fornybare, biologiske ressursar erstattar i aukande grad petroleumsbaserte ressursar. Norsk landbruk leverer råstoff i verdsklasse takka vere vår særs gode dyre- og plantehelse. Gjennom auka satsing på forsking, utvikling og innovasjon er det utvikla prosessar for auka verdiskaping frå restråstoff som oppstår i matproduksjonen til nye produkt innan m.a. ernæring og medisin. Regjeringa har starta arbeidet med ein strategi for urbant landbruk. Urbant landbruk vil i framtida kunne medverke til matproduksjon òg i byar.

Eit særleg viktig område for den nasjonale gjennomføringa av berekraftsmål 12 (i tillegg til mål 2 og 14) er å redusere matsvinn. Norske styresmakter underteikna i 2017 ein avtale med aktørane i matverdikjeda om å halvere matsvinn innan 2030, jf. mål 12.3. I perioden 2015–2018 vart matsvinnet redusert med 12 pst. Som ei oppfølging av avtalen blir det utvikla eit rapporteringssystem for betre statistikk som vil medverke til treffsikre tiltak for førebygging og reduksjon av matsvinn.

Utslepp av farlege kjemikalium og utslepp frå behandling av avfall er reduserte gjennom fleire tiår. Nesten alt farleg avfall blir samla inn og behandla på godkjent måte. Mengda farleg avfall følgjer i store trekk den økonomiske aktiviteten. I 2018 produserte Noreg 290 kg farleg avfall per person, inkludert industriavfall, ein nedgang på 7 pst. frå 2017. 21 pst. vart materialgjenvunne, 17 pst. energigjenvunne og 63 pst. sendt til deponering eller anna sluttbehandling jf. indikator 12.4.2.

Det er eit mål å utnytte ressursane i avfallet best mogleg gjennom material- og energi-gjenvinning. Videre er det et mål å lausrive veksten i mengda avfall frå veksten i økonomien. Materialgjenvinning av ordinært avfall har vore stabil dei siste 25 åra medan delen materialgjenvunne hushaldningsavfall har auka dei siste fem åra. Dette har medverka til å redusere miljøkonsekvensane av avfall. Noreg vurderer ytterlegare tiltak for å auke materialgjenvinningsgraden. Når det gjeld indikator 12.5.1, var materialgjenvinningsgraden av ordinært avfall i 2018 vel 40 pst. Vidare er det òg utvikla eit nasjonalt program for avfallsførebygging, jf. mål 12.4 og 12.5.

Offentlege instansar skal legga vekt på å minimere miljøbelastninga og fremje klimavennlege løysingar ved innkjøpa sine og kan stilla miljøkrav der det er relevant, jf mål 12.7.1. Regjeringa vil utarbeide ein handlingsplan for å auka delen klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon.

Reisemål kan marknadsførast som berekraftige som følgje av merkeordninga Berekraftig Reisemål, jf. indikator 12.b.1. Ordninga er ikkje ein sertifisering i den forstand at dei reisemåla som blir tildelte merka er berekraftige, men eit bevis for at reiselivsaktørane arbeider systematisk og målretta med betringar for at utviklinga skal gå i ei berekraftig retning. Det er stor interesse for ordninga. Merket vart første gong delt ut i 2013. Etter tre år må dei merka reisemåla dokumentere ei utvikling i berekraftig retning for å behalde merket. Standarden som ligg til grunn for ordninga inneheld 42 kriterium og 108 indikatorar som er godkjente av Global Sustainable Tourism Council. Ein overvakingsdatabase knytt til merkeordninga blir regelmessig oppdatert av reisemåla.

Utdanning for globalt medborgarskap og berekraftig utvikling, inkludert klimaendringar, har vore ein del av undervisninga i Noreg i mange år, jf. indikator 12.8.1 om utdanning. Frå hausten 2020 skal berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap, og folkehelse og livsmeistring vere tre tverrgåande tema i læreplanar der det er fagleg relevant i grunnopplæringa. Dei endelege læreplanane vart fastsette hausten 2019.

I eit internasjonalt perspektiv har Noreg høge avgifter på bruk av fossile brensel. Meir enn 80 pst. av norske klimagassutslepp er underlagt EUs kvotesystem og/eller nasjonal CO2-avgift. CO2-avgifta varierer noko avhengig av sektor, men forskjellane er redusert dei siste åra. Avgifta er generelt høg i internasjonal samanheng og på nivå med anslag for startpris for ein global kvoteprisbane som er konsistent med måla i Parisavtala.

Noreg støttar utviklingsland i arbeidet med å betre teknisk kapasitet og styrkje institusjonar gjennom Millenium Ecosystem Assessment, the Global Green Growth Institute og UN Partnership for Action on Green Economy. Desse programma støttar utviklingsland i å utarbeide strategiar som blir til sektorvis politikk, lover og budsjett. Til dømes kan land som deltek i programma, få støtte til å oppgradere system for avfallshandtering og resirkulering.

Mål 13 Handle straks for å stoppe klimaendringane og motarbeide konsekvensane.

Oppfølginga av Parisavtala dannar grunnlag for oppfylling av FNs berekraftsmål 13. For ein kort omtale av korleis Noreg skal nå klimamåla sine, inkludert klimatilpassing, sjå programkategori 12.20. For ein breiare gjennomgang sjå klimalovrapporteringa i del IV i Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2020–2021). Sjå òg resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken i del I.

I februar 2020 melde Noreg inn eit forsterka klimamål under Parisavtala. Noregs forsterka klimamål er å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. samanlikna med 1990-nivået i 2030. Noreg har allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 prosent innan 2030. Vi ønskjer også å oppfylle forsterkinga saman med EU. Vi arbeider for at EU skal auke sitt mål til 55 pst.

Vi har eit lovfesta mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Regjeringa la i statsbudsjettet for 2020 fram ein lågutsleppsstrategi fram mot 2050 der vi varsla at vi vil forsterke det lovfesta klimamålet for 2050. Målet skal vere at klimagassutsleppa blir reduserte i storleiksordenen 90–95 pst. frå utsleppsnivået i 1990.

Dei viktigaste verkemidla for å redusere utslepp av klimagassar i Noreg er avgifter på utslepp og deltaking i EUs kvotehandelssystem (EU ETS). Noreg er eit av landa med dei høgaste avgiftene på fossil energi. Over 80 pst. av norske utslepp er prisa, anten gjennom kvoteplikt eller gjennom avgift. Regjeringa vil innføre flat CO2-avgift for alle sektorar og trappe denne opp 5 pst. årleg fram mot 2025. I tillegg til prising blir også direkte reguleringar, standardar og tilskot nytta for å redusere utsleppa. Regjeringa vil i løpet av 2020 leggje fram ein plan for 45 pst. innanlands kutt i ikkje-kvotepliktige utslepp. Regjeringa vil også setje i gang ei heilskapleg utgreiing om korleis vi skal oppnå ei lågutsleppsutvikling i relevante sektorar og samfunnsområde fram mot 2050.

Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Klimaendringane kan alt merkast i Noreg. Mykje av infrastrukturen er bygd for det klimaet vi har vore vane med. Vi må førebu oss og tilpasse oss klimaendringane i måten vi innrettar og byggjer samfunnet på. For å styrkje arbeidet i kommunane blei omsynet til klimatilpassing i 2018 innarbeidd i statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Samarbeid over landegrensene om tiltak for å redusere utslepp av klimagassar er ein viktig del av berekraftsmål 13. Gjennomføring av Parisavtala, støtte til arbeidet i utviklingsland og innmelde klimaplanar (NDC) vil vere ei viktig føring for innrettinga av klimafinansieringa framover. Klima er eit tverrgåande omsyn for all norsk bistand, og det er sett i gang eit arbeid i regi av Utanriksdepartementet og Norad for å sikre at norsk bistand mest mogleg effektivt medverkar til gjennomføringa av Parisavtala. Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa til utviklingsland på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet, som skal styrkjast og vidareutviklast i åra som kjem. Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gir eit bidrag til fondet på 800 mill. kroner årleg for perioden 2020–2023.

For å nå måla i Parisavtala må energibistanden bidra til å få på plass gode rammevilkår og insentiv for energieffektivitet og for at fornybar energi erstattar fossil energi. Regjeringa arbeider med ein ny strategi for innrettinga av bistanden til fornybar energi i utviklingspolitikken der det vil vere sentralt å fase ut kol. Klimaendringane er ikkje berre ein framtidig trussel, dei er også ein realitet i dag, og dei fattigaste og mest utsette landa blir allereie ramma av konsekvensane av global oppvarming. Innsatsen for klimatilpassing, førebygging av klimarelaterte katastrofar og kamp mot svolt er derfor styrkt i budsjettet de siste åra.

For meir informasjon om Noregs internasjonale klimainnsats, sjå programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid og Prop. 1 S (2020–2021) for Utanriksdepartementet.

Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Noregs omfattande bruk av havet og ressursane i havet fører med seg eit ansvar for å forvalte havområda på ein langsiktig og ansvarleg måte. Noreg baserer bruken av havet på berekraft og økosystembaserte tilnærmingar.

Forvaltningsplanane for havområda er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema, og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, påverknader og samla belastning på havområda. Regjeringa la våren 2020 fram ei melding til Stortinget om forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak. Meldinga inneheld tiltak for berekraftig bruk og vern av økosystema. Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal halde fram med å vere fornybare. Forvaltningsplanane for havområda er derfor òg eit viktig verktøy for verdiskaping og matsikkerheit. Deling av erfaring og kunnskap frå systemet med forvaltningsplanar for havområda er ein viktig måte Noreg kan bidra til integrert og økosystembasert forvaltning internasjonalt på.

Kystområda blir forvalta med mål om å oppnå god økologisk og kjemisk tilstand for alle vassførekomstar innan 2021. For dette formålet er 11 regionale vassforvaltningsplanar vedtekne. Overvaking av den økologiske og kjemiske tilstanden til kystfarvatn er styrkt.

Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Arbeidet med å etablere nye marine verneområde held fram.

Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastninga på artar og økosystem og kan føre til betydelege endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltninga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltninga av havområda best kan ta vare på omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.

Forvaltninga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for mellom anna havbotn (MAREANO-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Desse programma har gitt verdifull ny kunnskap om naturtypar og artar, så vel som påverknad frå menneskeleg aktivitet. Denne kunnskapen blir brukt til å forbetre forvaltninga av havområda. Regjeringa har i sin langtidsplan for forsking varsla at ho vil prioritere forsking som grunnlag for god forvaltning av økosystem og ressursar i hav- og kystområda.

Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utslepp av miljøgifter frå punktkjelder på land er redusert, men det er framleis tilførsler av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er avgrensa. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte kjelder.

Regjeringa held fram med å utvikle ytterlegare tiltak for å forhindre og redusere marin forsøpling og mikroplast frå identifiserte kjelder. Plastavfall i verdshava er eit globalt problem. Den fjerde sesjonen i FNs miljøforsamling, i mars 2019, vedtok å styrkje tiltak for å medverke til å realisere visjonen om å stanse tilførsel av plastavfall til havet. Å styrkje vitskapleg og teknologisk kunnskap, med særleg vekt på å utvikle indikatorar, er eit slikt tiltak. Det norske bistandsprogrammet, oppretta i 2018, for å kjempe mot marin forsøpling og mikroplast blei vidareført i 2020 med 400 mill. kroner.

Internasjonalt går det føre seg viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av berekraftsmål 14. Dette knyter seg til regelverk for å beskytte biodiversitet og fordeling av genressursar på ope hav, samspelet mellom globale og regionale mekanismar for implementering, globale mekanismar for tema som til dømes marin forsøpling og mikroplast. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett og miljø- og fiskeriforvaltning er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei pågåande prosessane på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs sjøfartsorganisasjon utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar også i dette arbeidet. Noreg legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land mellom anna gjennom arbeidet i OSPAR (konvensjonen for vern av det marine miljø i Nordaust–Atlanteren).

Mål 15 Beskytte, atterreise og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motarbeide ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold og Stortingets behandling av den er Noregs viktigaste verkemiddel i arbeidet for å nå Aichimåla frå 2010 om å ta vare på naturmangfaldet. Berekraftsmål nr. 15 er harmonisert med Aichimåla. Det er derfor viktig å følgje opp naturmangfaldmeldinga for å oppfylle berekraftsmål 15. Noreg deltek òg aktivt i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for bevaring av natur. Dette skal vedtakast av Konvensjonen om biologisk mangfald på det femtande partsmøtet..

Dei tre nasjonale måla for naturmangfald er knytte til god tilstand i økosystema, til sikring av truga artar og til langsiktig vern av eit representativt utval av norsk natur.

Vi har starta arbeidet med å gjennomføre handlingsplanen for naturmangfald. Det blir arbeidd med å få på plass ei forvaltning basert på tilstanden i økosystema, mål for tilstanden som skal haldast ved lag eller bli nådd, og ei innretning av den samla verkemiddelbruken med sikte på å nå desse måla. Det blir òg greidd ut konsept for heilskaplege forvaltningsplanar for natur.

Når det gjeld truga natur har Miljødirektoratet, som eit første steg, greidd ut verkemiddel for den mest truga naturen i Noreg. Regjeringa vurderer no korleis tilrådingane skal følgjast opp. Det er òg vedteke ein nasjonal strategi for å ta vare på ville pollinerande insekt. Denne vil bli følgd opp med tiltaksplanar i aktuelle sektorar.

Regjeringa vil framleis prioritere arbeidet med skogvern og marint vern. For andre økosystem er det sett i gang arbeid med avgrensa supplerande vern. Eit representativt utval av økosystem til fjells er verna. Det er viktig å sikre verneverdiane framover, mellom anna i form av forvaltningsplanar for fjellområda.

Regjeringa la i april 2020 fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet truga artar

Det er ei utfordring å nå målet om å hindre spreiing av framande artar. Ein tverrsektoriell tiltaksplan for å hindre spreiing av og kjempe mot og kontrollere framande skadelege artar blei vedteke sommaren 2020.

Regjeringa si politikk for berekraftig forvaltning av skog vart presentert i ei melding til Stortinget i 2016. Auka skogbruksaktivitet skal kombinerast med større vekt på miljøomsyn i skogbruket. Berekraftig skogbruk vil medverke til klimatilpassing og gi grunnlag for å fase ut fossile produkt og til å sikre område som er viktige for både naturmangfald, friluftsliv og kulturminne.

Noreg vil òg arbeide for eit styrkt internasjonalt samarbeid om grensekryssande utfordringar på skogområdet og for å sikre berekraftig forvaltning av skog internasjonalt, mellom anna i FN. FN-strategien for skog representerer ein milestolpe i dette arbeidet. Noreg støttar måla i planen.

Sidan Klima- og skoginitiativet vart lansert i 2007, er det inngått ei rekkje partnarskapsavtaler, mellom anna med Brasil, Indonesia, Colombia, Guyana, Peru og Etiopia. Noreg betaler her for verifiserte reduksjonar av utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden, eller for investeringar som har slike utsleppsreduksjonar som mål. Sidan starten i 2008 har initiativet betalt for til saman meir enn 270 mill. tonn reduserte utslepp av CO2, og medverka til ei rekkje reformer for betre skogforvaltning i landa. Gjennom initiativet samarbeider Noreg også med næringslivsaktørar, sivilsamfunnsorganisasjonar og kunnskapsmiljø som medverkar i innsatsen for å bevare regnskogen. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid er det vedteke at klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

8.3 Anna klima- og miljøarbeid i staten

Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, til dømes ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøleiingssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapet. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd medverkar arbeidet òg til modernisering og effektivisering.

Departementsfellesskapet har eit miljøleiingssystem sertifisert etter EMAS krava. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) koordinerer felles miljømål for departementsfellesskapet og har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å nå måla i eiga verksemd.

Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift.

9 Samfunnstryggleik og beredskap

Dei mål og prioriteringar som er gitt i Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap, og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Klima- og miljødepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Ei systematisk og heilskapleg tilnærming er sentralt for å vidareutvikle beredskapsarbeidet i sektoren. I denne samanhengen er evaluering av hendingar og øvingar eit viktig moment. Det medverkar til å avdekkje veikskapar og læringspunkt som er avgjerande for departementets risiko- og sårbarheitsvurderingar. Resultatet av arbeidet dannar grunnlag for dei vala, prioriteringane og avgjerdene som blir tekne med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet.

9.1 Ansvarsområde

Klima- og miljødepartementet skal bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, og redusere konsekvensar av uønskte hendingar innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilete for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er derfor prioriterte oppgåver. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved mellom anna å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.

Meteorologiske tenester

Meteorologisk institutt (MET) har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. MET forvaltar kritisk infrastruktur og meteorologiske tenester utgjer ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Dei er ein aktiv del av totalforsvaret ved at dei leverer utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret ved krise og krig og under større militære øvingar. MET overvaker, varslar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og allmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. METs tenester er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tek i bruk resultata frå ny forsking, og instituttet driv forsking og utvikling på alle sine fagområde. Sjå omtale av MET i del II og i kap. 9.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø.

Akutt forureining- og atomberedskap

Det er nasjonale mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Dei nasjonale måla for forureining omfattar òg radioaktiv forureining.

Klima- og miljødepartementet har ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke medfører radioaktive utslepp og avfall. Det operative ansvaret ligg hos Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Direktoratet treffer òg tiltak for utslepps- og avfallshandtering, og bidreg med utvikling av planverk for miljøforvaltinga på atomberedskapsområdet. Eventuelle klager blir behandla av departementet. Miljødirektoratet kan hjelpe til med målingar og gi råd om konsekvensar som nedfall kan ha på det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan hjelpe til med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, mellom anna iskart.

Ved atomulykker har Helse- og omsorgsdepartementet det overordna ansvaret for beredskapen, mens Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er fag- og forvaltingsstyresmakt. Den nasjonale atomberedskapen er organisert gjennom Kriseutvalet for atomulykkeberedskapen som er leidd av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Ansvaret for å stille krav til kommunar og private verksemder sin beredskap mot akutt forureining, og for å kontrollere at krava blir overhaldne, er lagt til miljøstyresmaktene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn. Miljødirektoratet har etablert ein plan for kriseberedskap og spesifikke rutinar for handtering av etatens oppgåver knytte til større tilfelle av akutt forureining.

Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Samferdselsdepartementet med Kystverket som utøvande etat. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltinga ei rådgivarrolle og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar.

Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis, og forsikring for å dekkje aktivitetane.

Beredskapsmessige utfordringar knytte til klimaendringar

Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Kvart enkelt departement har ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rette regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har mellom anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementets arbeid med klimatilpassing, medrekna overvatn, sjå oppmodingsvedtak nr. 914 frå 14. juni 2017 side 56.

Beredskap mot skadar på kulturmiljø

Det er eit nasjonalt mål at eit mangfald av kulturmiljø skal bli teke vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltinga av kulturmiljø i Noreg og samarbeider tett med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturmiljø. Samarbeidet handlar mellom anna om branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer. Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må òg takast omsyn til i samband med forhindring av skadar framover.

Beredskap mot utslepp av GMO

Genmodifiserte organismar er mikroorganismar, plantar og dyr der den genetiske samansetjinga er endra ved bruk av gen- eller celleteknologi. Klima- og miljødepartementet behandlar søknader om omsetjing og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvar og ansvar for vurdering av miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko.

Etter føresegnene i genteknologilova skal verksemdene syte for nødvendige sikkerheitstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at også privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.

9.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø

Arbeidet med å sikre samfunnet mot alvorlege hendingar er eit ansvar som ligg til mange sektorar. I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et tryggere samfunn blir det gjort greie for kva funksjonar som til kvar tid må haldast oppe for å sikre samfunnet, og kva departement som har ansvar for å koordinere og samordne funksjonane. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Rolla som hovudansvarleg departement inneber mellom anna å sikre nødvendig koordinering og samordning mellom aktuelle departement.

Som ei oppfølging av Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et tryggere samfunn rapporterte Klima- og miljødepartementet på Natur og miljø i Prop. 1 S (2019–2020). Tilstanden til den kritiske samfunnsfunksjonen blei vurdert som tilfredsstillande. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp rolla som hovedansvarleg departement for Natur og miljø, inkludert i dette prioritere arbeidet med å sikre eit godt samarbeid mellom aktørane.

Bakgrunnen for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø er behovet for vern av naturen mot påverknad frå menneskeleg aktivitet i form av akutt forureining (forureiningsberedskap) og vern av befolkninga mot naturfare (meteorologitenester og flaum- og skredvarsling). Innanfor samfunnsfunksjonen er det definert tre kapabilitetar for å ta vare på tryggleiken for befolkninga: forureiningsberedskap, meteorologitenester og overvaking av flaum- og skredfare.

I forureiningsberedskap inngår privat, kommunal/interkommunal og statleg beredskap mot akutt forureining til lands og i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel som kan skade naturen.

I meteorologitenester inngår METs tenester:

  • innsamling, behandling og tilgjengeleggjering av meteorologiske data

  • utarbeiding og distribusjon av varsel av betydning for liv og sikkerheit

  • utarbeiding av spesielle meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk og redningsoperasjonar, kritiske operasjonar og sikkerheitstrugande hendingar

  • utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart

I Noreg er MET gitt særskilde oppgåver knytte til meteorologiske tenester. I vedtektene til MET heiter det: «Meteorologisk institutt står for den offentlige meteorologiske tjenesten for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at myndigheter, næringslivet, institusjoner og allmennheten blir best mulig i stand til å sikre liv og verdier, planlegge framover og verne miljøet.» MET utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester og syter mellom anna for at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr.

Overvaking av flaum- og skredfare omfattar dei etablerte systema for overvaking og varsling av flaum i større og mindre vassdrag og av flaumskred og snø-, sørpe-, jord- og fjellskred. Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta og har òg ein døgnkontinuerleg beredskapstelefon for flaum- og skredsituasjonar. Noregs vassdrags- og energidirektorat utarbeider òg vassføringsprognosar for heile landet. Nedbørsvarsel frå MET er òg ein viktig del av grunnlaget for overvaking og varsling av flaum og skredfare.

9.3 Informasjonstryggleik i miljøforvaltinga

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i IKT-infrastrukturen i sektoren. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gitt underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik, som oppfyller krava i ISO 27001-standarden. Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren har alle etablert styringssystem for informasjonstryggleik og er no sertifiserte etter ISO-27001-standarden. Meteorologiske institutt vil vere sertifisert i løpet av 2021. Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken har ikkje fått krav om sertifisering etter ISO 27001-standarden. Begge etatane skal likevel ha etablert eit styringssystem for informasjonstryggleik som er tilpassa storleiken og eigenarten til verksemdene i løpet av 2020.

9.4 Førebuande sikkerheitsteneste

Lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Føremålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstruande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande betydning for GNF vert underlagde sikkerheitslova, og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar vert gjennomførte. For å vareta føremålet med lova vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg bli endra.

Klima- og miljødepartementet har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonale funksjonar i eigen sektor. «KLD GNF 1: Klima- og miljødepartementets virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet» omfattar departementets rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.

Vi har per 2020 ikkje verksemder som er identifisert som vesentleg eller avgjerande betydning for GNF. Identifiserte GNF er innmelde til tryggingsorganet.

10 Fornye, forenkle og forbetre, og likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

10.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Organisering

Klima- og miljødepartementet er overordna etats- og eigarstyrar for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Enova, Meteorologisk institutt, Norsk Polarinstitutt, Artsdatabanken, Norsk Kulturminnefond, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Bjørnøen AS.

Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos fylkesmennene, fylkeskommunane og Sysselmannen på Svalbard. Etatar som NORAD, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Folkehelseinstituttet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet

Klima- og miljødepartementet arbeider kontinuerleg med å effektivisere eiga drift.

Regjeringa bestemte at det skulle gjennomførast ein områdegjennomgang av miljøforvaltninga i 2016. Områdegjennomgangen vart gjennomført med deltaking frå Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og eksterne og vart ferdigstilt i midten av desember 2016. Områdegjennomgangen resulterte i 32 tilrådingar om korleis miljøforvaltninga kan bli betre og meir effektiv. Tilrådingane inkluderte òg Klima- og miljødepartementets sektorovergripande rolle.

Fleire av tilrådingane handla om dei administrative systema. Det vart identifisert fleire moglegheiter for å effektivisere dei administrative områda.

Klima- og miljødepartementet har samla IKT-driftsfunksjonane og etablert felles strategisk innkjøpsfunksjon for miljøforvaltninga. Arbeidet med å etablere felles arkivfunksjon i miljøforvaltninga er påbegynt. Vidare skal samvirke maksimerast innan andre administrative funksjonar for å auke kunnskapsgrunnlag for betre planlegging og avgjerder.

Det er i tillegg sett i gang eit strategiarbeid for betre og meir effektive administrative tenester på tvers av departementa der Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i arbeidet.

IKT-strategi for miljøforvaltninga

Krava til IKT-løysingar og IKT-tryggleik i offentleg forvaltning blir stadig viktigare og meir omfattande. IKT-strategien for miljøforvaltninga legg føringar for korleis IKT skal driftast, sikrast og utviklast vidare i sektoren. Strategien gjelder for perioden 2020 – 2024, og har fokus på digitalisering, dataformidling, IKT-tryggleik og samordning, og bygger på nasjonale råd og standardar. Den etablerte felles driftseining for miljøforvaltninga varetar IKT-driftstenester for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken. Arbeidet med å betre og vidareutvikle desse driftstenestene vil halde fram i tråd med Digitaliseringsstrategi for klima- og miljøsektoren 2020–2024.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har i dag mange digitale løysingar som er utvikla og forbetra gjennom fleire år. Tenestene er på fleire område utvikla med bakgrunn i ambisjonen om å sikre ei effektiv og god brukaroppleving for eksterne brukarar, saman med ei påliteleg og effektiv intern saksbehandling.

Det er mellom anna utvikla heildigitale løysingar for betaling av jeger- og fiskeavgifter, for behandling av søknader for tildeling av fallvilt for preparantar og for lisensiering av ringmerke i Ringmerkbasen. Miljøvedtaksregisteret er ei digital innsynsløysing som gir allmenta fri tilgang til enkeltvedtak og forskrifter på miljøområdet.

Miljødirektoratet arbeidar kontinuerleg med å vidareutvikle og digitalisere arbeidsprosessane i tilskotsforvaltningssystemet Elektronisk søknadssenter (ESS), som har medverka til effektivisering både i forvaltninga og for søkjarane.

Mens Miljødirektoratet er i gevinstrealiseringsfasen for fleire etablerte løysingar, til dømes produktregisteret og grunnforureining, er dei i utviklingsfasen på andre område. Bruk av droneteknologi i overvaking og robotteknologi innanfor rekneskap er døme på ny teknologi som det blir arbeidd med framover.

Riksantikvaren

Kunnskapsløftet er Riksantikvarens viktigaste delsatsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltninga. Satsinga inkluderer å digitalisere og gjere tilgjengeleg data, mellom anna gjennom å digitalisere eigne arkiv, og utvikle gode saksbehandlingssystem. Digitaliserte arkiv gir god tilgang på informasjon for fylkeskommunar og kommunar.

Kulturminne i kommunen (KiK) er eit delprosjekt i Kunnskapsløftet og har som formål å setje kulturarv på den lokalpolitiske dagsordenen og få kommunane til å utarbeide kulturminneplanar. Prosjektet varer ut 2020, og framdrifta i prosjektet er i samsvar med prosjektmål og styringsparametrar.

Gjennom samarbeid med Riksarkivet, Statens kartverk og Kulturrådet om tilgjengeleggjering av opne data kan allmenta enkelt vidarebruke data direkte i sine eigne datasystem.

Kulturminnefondet

Kulturminneadministrasjonen har vidareutvikla og effektivisert arbeidsprosessane, og har i samarbeid med Miljødirektoratet innført nye digitale løysingar i tilskotsforvaltninga. Søkjarane kan søkje og rapportere direkte i portalen. Kulturminnefondet tek i bruk miljøforvaltninga si felles IKT-plattform frå 2021.

Nettstader og portalar

Den viktigaste vêrtenesta til Meteorologisk institutt (MET) er Yr, som er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK. I tillegg formidlar MET vêret på TV og i radio, og i sosiale medium som Twitter og Facebook. For offentlege verksemder leverer instituttet vêrtenesta Halo, som er ei innloggingsteneste med spesialiserte produkt.

Meteorologisk institutts offisielle datagrunnlag og produkt er også fritt tilgjengelege for publikum for bruk, spreiing og vidare tilarbeiding. Data kan hentast frå instituttet sine nett-stader eller programmeringsgrensesnitt, til dømes api.met.no, frost.met.no, threddsmet.no og klimaservicesenter.no.

Både instituttet og samfunnet har gevinst av instituttets opne data og tenester. At tenestene blir gitt på opne og standardiserte format gjer det enkelt for andre å integrere vêr- og klimainformasjon i eigne tenester, både bedriftsinterne og til publikum. Dette medverkar på sikt til å forenkle intern tenesteproduksjon ved instituttet.

Miljødirektoratet lanserte ny hovudnettstad, miljødirektoratet.no i 2019. Den nye hovudnettstaden har medverka til å redusere mengda nettstader, og han støttar opp om målet om meir sjølvbetening gjennom å tilby rettleiing av brukarar.

Miljøforvaltninga har som mål å formidle påliteleg, aktuell og forståeleg miljøinformasjon. Hovudkanalen for informasjon om miljøets tilstand og utvikling er miljøstatus.no, som har ei målsetjing om å vere den viktigaste kjelda til kunnskap om miljøets tilstand og utvikling. I tillegg driftar miljøforvaltninga ei rekkje nettstader for meir spesifikk informasjon og målgruppetilpassing. Døme på dette er askeladden.ra.no, miljokommune.no og klimatilpasning.no.

Askeladden.ra.no inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova eller kulturminnefagleg vurdert som verneverdige. Miljokommune.no er ei oversikt over kva myndigheit og plikter kommunane har, og hjelp til saksbehandling innan miljøtema. Klimatilpasning.no har samla aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på éin stad.

Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

10.2 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagd å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 10.1, 10.2 og 10.3 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av månadleg gjennomsnittslønn for kvinner og menn på ulike stillingsnivå, statistikk for sjukefråværet til menn og kvinner, delen av menn og kvinner på deltid og i mellombels stilling for 2019. Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i oversiktene.

Tabell 10.1 Oversikt over del kvinner i pst. i miljøforvaltninga

Totalt

Topplei.1

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.2

Saksbeh.

Kontor

KLD

60

60

40

62

64

Miljødirektoratet

55

50

61

54

60

43

NP

46

50

33

46

88

50

RA

65

71

76

66

61

50

MET3

37

25

26

-

-

-

1 Toppleiarar omfattar øvste leiar og leiarar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).

2 Høgtlønte rådgivarar omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar. For KLD er spesialrådgivarar, fagdirektørar, avdelingsdirektørar utan personalansvar og seniorrådgivarar klassifiserte som høgtlønte rådgivarar. Rådgivarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar er klassifiserte som saksbehandlarar.

3 Stillingskategoriane til MET lèt seg ikkje klassifisere til rådgivar, saksbehandlar og kontor. Mellomleiarar er avdelingsleiarar.

Tabell 10.2 Prosentoversikt over gjennomsnittslønn for kvinner og menn i miljøforvaltninga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

MET2

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

90,6

100

99

100

97

100

100

96

93,4

100

Topplei.1

100

95,6

81

100

81

100

100

85

100

98,7

Mellomlei.

98,3

100

97

100

100

94

100

89

98,9

100

Høgtlønte rådg.

92,8

100

99

100

95

100

100

100

-

-

Saksbeh.

100

99,8

100

100

95

100

96

100

-

-

Kontor

0

0

100

64

93

100

100

86

-

-

1 Toppleiarar i KLD inkluderer berre dei som er på leiarlønnskontraktar unnateke departementsråd. For KLD er spesialrådgivarar, fagdirektørar, avdelingsdirektørar utan personalansvar og seniorrådgivarar klassifiserte som høgtlønte rådgivarar. Rådgivarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar er klassifiserte som saksbehandlarar.

2 Stillingskategoriene til MET lèt seg ikkje klassifisere til rådgivar, saksbehandlar og kontor. Mellomleiarar er avdelingsleiarar.

Tabell 10.3 Prosentoversikt over gjennomsnittslønn for kvinner og menn i miljøforvaltninga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

MET

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid1

14,4

9,4

6,4

2,1

8

4,7

5,7

3,6

10,6

5,1

Mellombelse2

3,8

3,9

7,4

5,1

21,3

24,3

21

20

10

8,5

Legem. Fråv. 2019

3,8

1,9

3,0

0,9

2,1

2,2

3,1

1,3

1,9

1,2

Prosentdel foreldreperm.

69,2

30,7

80,0

20,0

49

51

33,3

66,7

1 Prosentdel av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner eller menn).

2 Prosentdel av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner eller menn).

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Klima- og miljødepartementet

Gjennomsnittleg lønnsforskjell mellom kvinner og menn har blitt mindre sidan 2017/2018. Det er framleis ein forskjell, men grunnen til dette er at det er blitt tilsett fleire kvinner i rådgivar- og førstekonsulentstillingar. Det er no langt fleire kvinner enn menn i rådgivar- og førstekonsulentstillingar, mens det er noko fleire mannlege avdelingsdirektørar, og spesialrådgivarar. Dette heng truleg saman med at det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til førstekonsulent-/rådgivarstillingar, mens det er jamnare kjønnsfordeling blant søkjarar til andre stillingskategoriar. Men innan kvar stillingskategori er lønnsforskjellen mindre, og kvinner har til dømes høgare lønn enn menn på toppleiarnivå.

Oppfølginga av regjeringas inkluderingsdugnad er eit viktig innsatsområde for departementet. Klima- og miljødepartementet har justert stillingsannonsane, men arbeider framleis med å gjere tekstane endå betre. NAV gir hjelp til utforming av stillingsannonsar og med å finne aktuelle kandidatar i målgruppa. Departementet og miljøetatane blei hausten 2019 einige om ein egen oppfølgingsplan for inkluderingsdugnaden. Planen inneheld mellom anna tiltak som siktar mot betre synleggjering av moglegheitene til å kunne arbeide i miljøforvaltninga. Det er planlagt ein eigen karrieredag og utlysing av ei felles traineestilling for målgruppene. Det er også lagt opp til jamleg erfaringsutveksling mellom alle verksemdene for personalsjefane i miljøsektoren.

Alle stillingar i departementet blir no publiserte på https://www.jobbforalle.no/. I rekrutteringsprosessane er det sett søkjelys på inkluderingsdugnadens mål allereie ved behovsanalysen. Leiarar som rekrutterer, blir oppmoda til å ta kvalifiserte søkjarar inn på intervju som har kryssa av på nedsett funksjonsevne eller har hòl i CV-en.

Departementet har ført vidare ordninga med høve til åtte samanhengande eigenmeldingsdagar i IA-avtala.

Meteorologisk institutt

Totalt på MET er kvinnelønn 93,4 pst. av mannslønn. Kvinners lønn i forhold til menn auka frå 2018 til 2019 med 0,2 prosenteiningar.

Kvinnelønn var et fokus i lønnsforhandlingane i 2019 og auka i forhold til menns lønn i 5 av 9 stillingsgrupper. I direktørens leiargruppe og anna meteorologfagleg personell er kvinnelønn høgare enn mannslønn.

Instituttet har kartlagt og samanlikna tilsette i same stillingskategori ut frå alder, kompetanse og ansiennitet og har ikkje funne systematiske lønnsforskjellar.

37 pst. av dei tilsette på Instituttet er kvinner. I fire av stillingskategoriene, ingeniørar (hovudsakleg IT-stillingar), leiarar, forskarar og anna meteorologifagleg personell er kvinneandelen under 40 pst.

Det blei tilsett 43 medarbeidarar i 2019, av desse 18 kvinner. Om lag 37 pst. av søkjarane var kvinner.

Før stillingar blir kunngjorde, skal utlysingsteksten vurderast med sikte på å unngå formuleringar og krav som kan føre til at kvinner ikkje søkjer på stillinga. Kvinner skal spesielt oppfordrast til å søkje i stillingskategoriar der kvinnene er underrepresenterte. Instituttet praktiserer moderat kjønnskvotering. Der det er tilstrekkeleg mange kvalifiserte kvinner blant søkjarane, skal minst to kallast inn til intervju. Tilsetjingsråda og alle leiarar skal ha kompetanse på likestillingskrava knytte til tilsetjingssaker. Nye leiarar og tillitsvalde får løpande gjennomgang av temaa.

Det blei tilsett i 3 leiarstillingar i 2019, av desse 1 kvinne. Kvinner søkte i alle 3 stillingane og det ble innstilt kvinner i 2 av desse stillingane.

Det blei det tilsett 14 forskarar i 2019, av desse 4 kvinner. Kvinnedelen i forskarstillingane er 38 pst. – 2,2 prosenteiningar høgare enn i 2018. Det er overvekt av menn som søkjer desse stillingane, spesielt i stillingar som også er utlyste internasjonalt.

Det blei tilsett 4 i ingeniør/IT-stillingar i 2019, av desse 1 kvinne. Av 49 søkjarar var det 8 kvinner, av desse blei 2 funne kvalifiserte, men berre 1 nådde ikkje opp i konkurransen om stillinga. Kvinneandelen er redusert frå 13,8 pst. i 2018 til 13,1 pst. i 2019.

Instituttet har ein handlingsplan for likestilling. Handlingsplanen inneheld overordna mål for rekruttering, lønn, profilering, representasjon i råd og utval, kompetanseutvikling – under dette spesielt for forskarar, nulltoleranse for uønskt kjønnsmessig merksemd/trakassering.

Miljødirektoratet

Kjønnsfordelinga på etatsnivå i Miljødirektoratet viser noko overvekt av kvinner – med 55 pst. kvinner og 45 pst. menn. Kjønnsfordelinga held seg på omtrent same nivå som i fjor. Stillingsgruppa med størst avvik i kjønnsbalansen i 2019 er mellomleiarar, der det er 39 pst. menn og 61 pst. kvinner. Med unntak av toppleiinga har alle andre stillingsgrupper også noko overvekt av kvinner. Toppleiinga har 50/50 prosentdel av menn og kvinner. Kontorstillingar har overvekt menn, men her er det berre eit lite utval tilsette som tilhøyrer denne gruppa (n=7).

Totalt for verksemda er det liten lønnsforskjell mellom kjønna, kvinner har berre 1 prosenteining lågare lønn enn menn. For tidlegare år var det 1 pst. lågare lønn for menn, noko som viser at verdiane helder seg på om lag same nivå totalt sett. Størst forskjell mellom kjønna finn vi hos toppleiinga, der kvinner tener 81 pst. av menns lønn. Det er òg forskjell på mellomleiarnivå, der kvinner tener 97 pst. av menns lønn. Når det gjeld kontorstillingar, tener kvinner 36 prosentpoeng meir enn menn, men som nemnt tidlegare er det for lite utval tilsette her for å kunne snakke om systematiske forskjellar mellom kjønn.

Direktoratet har heile tida søkjelys på arbeidet med å utlikne lønnsforskjellane mellom kjønna og vi meiner at dei forskjellane vi har i lønnsnivå mellom kjønna ikkje er resultat av systematisk forskjellsbehandling og kjem av tilfeldig variasjon.

Det er framleis fleire kvinner enn menn som jobbar deltid. Det er 6,4 pst. av kvinner som jobbar deltid, mens det er berre 2,1 pst. menn som gjer det. Nesten 60 pst. av kvinnene som jobbar deltid, jobbar 80 pst. eller meir.

Det er 7,4 pst. kvinner som var mellombels tilsette i 2019, mens det var 5,1 pst. menn i mellombels stillingar i 2019 i Miljødirektoratet.

Når det gjeld legemeldt sjukefråvær, har kvinner noko høgare fråvær enn menn, 3,0 pst. mot 0,9 pst. Dette er ein auke i forskjellen mellom kjønna sidan 2018.

Miljødirektoratet har rutinar for å sikre likestilling og hindre diskriminering ved rekruttering. Vi jobbar aktivt med fysisk tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, ved graviditet og ved sjukefråvær, og vi har eit tett samarbeid med bedriftshelsetenesta om dette. I begge byar held vi til i moderne lokale med gode høve til fysisk tilrettelegging.

Miljødirektoratet legg til rette for foreldrefråvær og anna omsorgsfråvær, og følgjer HTAs føresegner når det gjeld seniorpolitikk. Tilpassingsavtalen sikrar dei krava som er stilte til verksemda i samsvar med likestillings- og diskrimineringslova.

Det løpande arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering inngår i HR-, HMS- og internkontrollarbeidet vårt. På vårt intranett oppfordrar vi til å seie frå dersom ein opplever/kjenner til for eksempel diskriminering på arbeidsplassen. Vi har gode, oppdaterte og tilgjengelege rutinar og prosessbeskrivingar for varsling av kritikkverdige forhold. Rutinen blei oppdatert ved årsskiftet 2019/2020, og vi har planlagt eit implementeringsløp for 2020.

Etter opphøyr av IA-avtalen er det vedteke nye rammer og prosedyrar for praksisplassar i Miljødirektoratet. Følgjande grupper er vedteke prioriterte:

  • falle ut av arbeidslivet av ulike årsaker / hòl i CV på meir enn 2 år

  • nedsett funksjonsevne

  • behov for språktrening (med mål om å bestå Bergenstesten)

Inntak av praksisplasskandidatar skjer alltid via HR som også hjelper leiarar med introduksjonsplan og oppfølging/evaluering.

Vi har inngått samarbeidsavtale med NAV St. Hanshaugen, NAV Lerkendal og NAV Falkenborg om å hjelpe oss med å nå 5-prosentmålet i inkluderingsdugnad og ved behov for bruk av verkemiddel til arbeidssøkjarar.

Vi deltek også i forsøket til KMD med anonyme søkjarar i rekrutteringsprosessar. I 2019 rekrutterte vi 3 tilsette med hòl i CV og/eller nedsett funksjonsevne.

Miljødirektoratet jobbar aktivt med måla i inkluderingsdugnaden, og vi viser til eigne rapporteringar på dette.

Riksantikvaren

I 2019 har det vore ein nedgang av den prosentvise fordelinga på lønn i forhold til 2018, slik at menn no tener 96 pst. av det kvinner gjer hos Riksantikvaren. I 2018 var den prosentvise fordelinga slik at menn tente 99 pst. av det kvinner gjorde. Innanfor kategorien toppleiing er det 29 pst. menn og 71 pst. kvinner. Gjennomsnittleg månadslønn for menn er 85 pst. av gjennomsnittleg månadslønn for kvinner. Tilsvarande tal for 2018 for menn var 94 pst. av gjennomsnittleg månadslønn for kvinner. Hovudsakleg kjem endringa av at øvste leiar som er kvinne, ikkje var inkludert i dette talet i 2018. På mellomleiarnivå (seksjonssjefar) er det 23 pst. menn og 77 pst. kvinner. Mannlege mellomleiarar tente 89 pst. av kvinnlege mellomleiarar i 2019. I 2018 tente menn 94 pst. av det kvinnelege mellomleiarar gjorde. Endringa kjem av at det er ein kvinneleg avdelingsdirektør som har komme tilbake etter avslutta permisjon i 2019.

Endringane på både toppleiar- og mellomleiarnivå kjem i hovudsak av at Riksantikvaren hadde fleire fungerande avdelingsdirektørar og seksjonssjefar i påvente av at omstillinga skulle ferdigstillast i løpet av 2019. For høgare lønte rådgivarar (prosjektleiarar, fagdirektørar og seniorrådgivarar) har det vore ei lita endring frå 2018, slik at det no er lik fordeling mellom kvinner og menn. Tilsvarande tal for 2018 var slik at kvinner i denne kategorien tente 99 pst. av det menn gjorde. For saksbehandlarar (rådgivarar og førstekonsulentar) er gjennomsnittleg månadslønn for kvinner i 2019 96 pst. av det menn tente. Tilsvarande tal for 2018 var at kvinner tente 99 pst. av det menn gjorde.

Kjønnsfordelinga hos Riksantikvaren for 2019 er 66 pst. kvinner og 34 pst. menn. Dette er ei endring frå 2018, då fordelinga var 64 pst. kvinner og 36 pst. menn. Dei siste åra har det vore ein auke av kvinnelege tilsette hos Riksantikvaren. Prosentdelen kvinner har auka frå 61 pst. i 2016 til 66 pst. i 2019. På mellomleiarnivå var kjønnsfordelinga i 2019 på 23 pst. menn og 77 pst. kvinner. Tilsvarande tal for 2018 var 27 pst. menn og 73 pst. kvinner. Nedgangen for menn kjem av at det er færre seksjonar samanlikna med 2018. Når det gjeld høgare lønte rådgivarar, har det vore ein nedgang i talet på menn til 34 pst. i 2019 samanlikna med 37 pst. i 2018. For lågare saksbehandlarar er talet likt frå 2018 med 39 pst. menn og 61 pst. kvinner. For kontorstillingar er det 50 pst. menn og 50 pst. kvinner. I 2018 var det éi kontorstilling hos Riksantikvaren.

I samråd med ansvarleg leiar sikrar HR at søkjarar til stillingar hos Riksantikvaren som har meldt om nedsett funksjonsevne i rekrutteringssystemet, blir vurderte. Dette skal sikre at kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne blir vurderte i rekrutteringsprosessen. I 2019 melde det seg 15 søkjarar med nedsett funksjonsevne, 6 til dei faste stillingskunngjeringane og 9 til dei mellomvels. Ingen av søkjarane oppfylte kvalifikasjonskravet som var sett til stillinga, og dei blei derfor ikkje innkalla til intervju. Riksantikvaren har rutine for å gjennomgå søkjarlister med sikte på å vurdere kandidatar med ikkje-vestleg bakgrunn til eventuelt intervju dersom vedkommande er kvalifisert. Gjennom rekrutteringssystemet som Riksantikvaren nyttar, kan søkjaren sjølv varsle om ikkje-vestleg bakgrunn.

Norsk Polarinstitutt

Tala for 2019 er baserte på grunnlønn. Utarbeidd lønnsstatistikk for 2019 viser ingen store endringar i forhold til 2018. Vi må framleis ha fokus på likelønn i hovudoppgjeret i 2020 og forsterke innsatsen vår på området.

Norsk Polarinstitutt har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda på alle nivå. Målet er at alle erfaringane og kunnskapen til alle tilsette skal nyttiggjerast med det formål å skape ein mest mogleg effektiv arbeidsplass.

Plan for likestilling blei vedteken i leiargruppa den 29. november 2017 for perioden 2018–2021. I instituttets nye plan er arbeidet med kjønnsbalanse både ved rekruttering og opprykk, kompetanseutvikling i kjønnsperspektiv, ansvar for mangfald, arbeid mot trakassering og diskriminering og informasjonsarbeid internt spesielt vektlagt.

Både mannleg og kvinneleg kontaktperson skal oppgivast i kunngjeringstekstar. I tillegg skal representantar frå begge kjønn delta i utveljingsprosessen, inklusive intervju. Kvinner/menn skal oppfordrast til å søkje om det finst mindre enn 40 pst. av det eine kjønnet i aktuell type stilling. Der det er vanskeleg å finne både mannleg og kvinneleg fagleg kontaktperson, skal det vere representant frå arbeidstakarorganisasjonane av motsett kjønn.

Det har vore halde kurs i konflikthandtering i februar 2019, der også trakassering/likestilling blei teke opp. Her deltok leiarar, verneombod, tillitsvalde og likestillingskontakt. Arbeidsmiljøsenteret i Bergen var ansvarleg for kurset. Videre har det vore avvikla kurs i rekruttering i november 2019, der temaet mellom anna var likestilling, mangfald og integrering med mellom anna det formål å nå måltalet på 5 pst. I inkluderingsdugnaden.

NP utarbeidde ein plan for universell utforming av lokala våre i 2010. Intensjon med planen er at vi skal vere ein arbeidsplass som fremjar like sjansar og rettar til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. All innkjøp av nye møblar legg vekt på å skape eit godt og inkluderande fysisk arbeidsmiljø i nybygget.

NP skal vere ein likestilt arbeidsplass der kvinner og menn har like sjansar til medbestemming, innverknad og avansement i alle delar av organisasjonen. Likestilling skal vere integrert i det daglege arbeidet. Eventuelle kjønnsbetinga lønnsforskjellar på alle nivå skal kartleggjast og søkjast utjamna ved dei lokale lønnsforhandlingane. Ny lønnspolitisk plan er utarbeide i 2017, og likestillingselementet er vektlagt i utforminga av planane.

Likestillingskonsekvensar av covid-19-pandemien

Koronakrisa har sett preg på heile samfunnet. Pandemien og tiltaka som er sette i verk for å avgrense smitte og å halde oppe aktivitet i næringslivet og samfunnet, kan få ulike konsekvensar for ulike personar avhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet osv.

Som offentleg styresmakt er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt sitt arbeid, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd. Stortinget har i vedtak nr. 537 (2019–2020) bedt regjeringa kartleggje effekten av koronakrisa på likestillingsfeltet, og komme tilbake til Stortinget med resultat og funn på eigna måte. Klima- og miljødepartementet har ikkje funnet likestillingsmessige konsekvensar av koronakrisen så langt i 2020 innanfor miljøsektoren.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål

Grunnlaget for denne posten er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i fiske. Midlar frå denne posten er mellom anna nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Internasjonalt klimaarbeid

Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkje-diskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje kvinners og urfolk si involvering og deltaking i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.

I oppbygging av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.

Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, Klima- og skoginitiativet, arbeider òg målretta med å leggje vekt på likestilling. Særleg viktig i Klima- og skoginitiativet er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementering av tiltak. I samarbeid med partnarland, slik som Indonesia, er likestilling søkt inkludert både i avtaleverk og i utvikling og implementering av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, mellom anna i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale, og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett sterkare søkjelys på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinners innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed mellom anna kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

10.3 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Klima- og miljødepartementet

Enova SF

Administrerande direktør Nils Kristian Nakstad hadde ei lønn på 2 132 799 kroner i 2019. I tillegg fekk han 103 685 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 152 536 kroner.

Pensjonsordninga til administrerande direktør er basert på Statens pensjonskasses til kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 pst. av lønna, og då avgrensa til 12 G.

Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har inga avtale om etterlønn.

Kings Bay AS og Bjørnøen AS

Per Erik Hanevold er administrerande direktør for begge selskapa. Administrerande direktør fekk 1 097 576 kroner i samla godtgjersle, av dette 1 002 112 kroner i fastlønn for 2019. Anna godtgjersle utgjorde 95 464 kroner. Selskapet har avtale om innskotspensjon for alle tilsette ut frå minimumskrav i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Fotnotar

1.

Ansvaret for offentlige anskaffelser herunder miljøhensyn i offentlige anskaffelser blei fra og med 1. september 2020 har overført til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring.

Til forsida