1 Oversikt over forslag til utgifter på Svalbard som blir dekte på statsbudsjettet for 20211
(1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | |
Arbeids- og sosialdepartementet | |||||
640 | 01 | Arbeidstilsynet2 | 318 | 460 | 1 460 |
Barne- og familiedepartementet | |||||
8443 | 70 | Kontantstønad | 600 | 600 | 600 |
8454 | 70 | Barnetrygd | 5 200 | 5 700 | 6 200 |
8545 | 21 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | 2 582 | 2 064 | 2 111 |
Helse- og omsorgsdepartementet | |||||
7326 | 75 | Tilskot Helse Nord RHF | 51 889 | 53 104 | 54 750 |
Justis- og beredskapsdepartementet | |||||
4147 | 21 | Forliksråd og andre domsutgifter | 49 | 0 | 0 |
4408 | 22 | Søk etter omkomne på havet, og i innsjøar og vassdrag | 0 | 0 | 0 |
4449 | 01 | Politiets tryggingsteneste | 100 | 0 | 0 |
46910 | 21 | Verjemål | 3 | 0 | 0 |
45111 | 01 | Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap | 106 | 140 | 145 |
455 | 72 | Tilskot tårnteneste Svalbard lufthamn | 1 410 | 1 43612 | 1 48613 |
Klima- og miljødepartementet | |||||
1400 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 475 | 542 | 0 |
141014 | 51 | Polarforsking og miljøovervaking | 3 080 | 3 080 | 3 080 |
1412 | 50 | Meteorologisk institutt, drift av stasjonane på Bjørnøya og Hopen | 18 766 | 19 673 | 20 100 |
1420 | 21 | Miljødirektoratet | 800 | 950 | 1 500 |
1471 | 01 | Norsk Polarinstitutt | 123 463 | 127 166 | 130 981 |
1473 | 70 | Kings Bay AS | 32 259 | 34 893 | 36 010 |
1472 | 50 | Svalbard miljøvernfond | 21 203 | 20 658 | 21 174 |
Kommunal- og moderniseringsdepartementet | |||||
530 | 33 | Infrastruktur for bustadbygging | 19 934 | 0 | 0 |
578 | Valdirektoratet | 0 | 0 | 100 | |
59515 | 01 | Statens kartverk – sjømåling Svalbard | 9 400 | 9 400 | 9 682 |
595 | 01 | Statens kartverk – geodetisk observatorium Ny-Ålesund | 5 642 | 7 060 | 10 889 |
595 | 3016 | Statens kartverk – geodetisk observatorium Ny-Ålesund | 12 931 | 7 636 | 16 694 |
2445 | 24 | Eigedomar forvalta av Statsbygg på Svalbard | 39 348 | 22 674 | 22 031 |
2445 | 34 | Bustadbygging | 126 103 | 0 | 0 |
244517 | 33 | Svalbard globale frøkvelv – ny inngangstunnel | 4 972 | 16 600 | 0 |
Kulturdepartementet | |||||
325 | 7218 | Kultursamarbeid i nordområda – kulturtiltak på Svalbard | 165 | 175 | 180 |
325 | 7219 | Kultursamarbeid i nordområda – Artica Svalbard | 2 555 | 2 690 | 2 750 |
328 | 70 | Det nasjonale museumsnettverket – Svalbard Museum | 1 895 | 1 950 | 3 475 |
33520 | 71 | Produksjonstilskot – Svalbardposten | 520 | 0 | 0 |
Kunnskapsdepartementet | |||||
253 | 70 | Tilskot folkehøgskule | 0 | 12 100 | 25 100 |
27421 | 70 | Tilskot UNIS | 0 | 142 463 | 36 322 |
280 | 71 | Felles einingar – tilskot UNIS | 136 187 | 0 | 0 |
285 | 52 og 53 | Noregs forskingsråd | 60 900 | 64 400 | 64 400 |
Landbruks- og matdepartementet | |||||
113922 | 71 | Tilskot til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast | 3 820 | 10 249 | 10 249 |
Nærings- og fiskeridepartementet | |||||
900 | 31 | Miljøtiltak Svea og Lunckefjell | 331 059 | 248 000 | 412 800 |
900 | 74 | Tilskot Visit Svalbard AS | 2 315 | 3 050 | 3 150 |
900 | 75 | Tilskudd til særskilte prosjekter | 0 | 2 000 | 2 000 |
920 | 50 | Tilskudd til forskning | 0 | 1 300 | 1 300 |
2421 | 80 | Innovasjon Norge | 1 005 | 2 000 | 2 050 |
Olje- og energidepartementet | |||||
1800 | 01 | Driftsutgifter | 1 062 | 1 000 | 1 000 |
1820 | 22 | Flaum- og skredførebygging | 16 812 | 200 | 200 |
Utanriksdepartementet | |||||
163 | 45 | Frølageret (ODA-midlar) | 37 900 | 15 000 | 0 |
Sum | 1 076 828 | 840 413 | 903 909 |
1 Utbetalingar etter forskrift om overskotsutdeling frå Nordpolet AS inngår ikkje i statsbudsjettet. Nærmare opplysningar finst i svalbardbudsjettet kap. 0003.
2 Del av den totale løyvinga til Arbeidstilsynet. Den samla løyvinga går fram av Prop. 1 S (2020-2021) for Arbeids- og sosialdepartementet.
3 Det blir ikkje produsert eigne rekneskapstal for kontantstønad og barnetrygd på Svalbard. Tala i kolonnen viser budsjettal.
4 Ibid.
5 Samla estimerte refusjonar for barnevernsutgifter på Svalbard.
6 Longyearbyen sjukehus er ein del av Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF i Helse Nord RHF. Talet for 2021 er førebels ikkje kjent og er difor eit anslag.
7 Posten er ei regelstyrt overslagsløyving, og belastningsfullmakt er gitt i brev til Sysselmannen utan beløp.
8 Sysselmannen har ei indirekte fullmakt til å belaste posten etter søknad og godkjenning av Nordland politidistrikt, jf. Politidirektoratet sitt rundskriv 2014/010 Retningslinjer for søk etter truleg omkommen person.
9 Posten er ei regelstyrt overslagsløyving, og belastningsfullmakt blir gitt i brev til Sysselmannen utan beløp.
10 Ibid.
11 Løyvinga over kap. 451 er dels knytt til oppdrag i tildelingsbrevet for 2020, der Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap skal hjelpe Justis- og beredskapsdepartementet i arbeidet med å gjennomføre brann- og eksplosjonsvernlova på Svalbard. I tråd med Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet vart kap. 456 avvikla og slått saman med kap. 451.
12 Tilskotet blir rekna ut ved slutten av året og dei oppgitte tala er difor berre eit anslag.
13 Ibid.
14 Beløp på denne posten er lågare enn beløp på same post frå føregåande år. Årsaka er at måten Forskingsrådet får tildelt midla sine frå Klima- og miljødepartementet er endra, slik at det ikkje lenger er spesifisert kor mykje av tildelinga frå Klima- og miljødepartementet til Forskingsrådet som skal gå til forsking i polarområda. Unntaket frå dette er Forskingsrådet sitt polarforskingsprogram, POLARPROG. I tillegg er Forskingsrådet nå organisert i porteføljestyrer, som dekker eit stort fagleg programområde, og som har ei samla budsjettramme satt saman av bidrag frå fleire departement. Posten syner berre dei midlane Klima- og miljødepartementet har foreslått å løyve til programmet POLARPROG på denne posten.
15 Plan for sjømålingsaktivitet på Svalbard 2020 viste eit omfang på ca. 10 måleveker, og at prosesseringsarbeidet vil ha ein samla kostnad på om lag 9 mill. kroner. Etter kommunikasjon med Sysselmannen blei det bestemt at den planlagde sjømålinga rundt Svalbard ikkje skal gjennomførast i 2020. Målingane vil heller bli gjort nærmare fastlandet. Dette skuldast mellom anna at det ikkje er sikkert at Longyearbyen har medisinsk kapasitet til å behandle mannskapet på MS Hydrograf i tilfelle utbrot av covid-19. Plan for 2021 blir avklart i budsjettarbeidet for 2021.
16 På grunn av utsetjingar på delar av prosjektet er det betydelege overføringar frå tidlegare år. Faktisk bruk er rekna til å vere 29 mill. kroner i 2020 og 26 mill. kroner i 2021.
17 65 pst. av byggekostnadene vart dekte av ODA-midlar. Tala er utan ODA-midlar.
18 Beløpet er i budsjettet for 2021 flytta frå post 78 Ymse faste tiltak til ny post 72 Kultursamarbeid i nordområda.
19 Ibid.
20 Beløpet på kap. 335, post 71 gjeld produksjonstilskot til Svalbardposten. Beløpet blir utrekna pr. oktober inneverande år med utgangspunkt i opplagstal.
21 Tilskotet for 2019 er ført på kap. 28, post 71.
22 Tabellen viser berre midlar knytte til Svalbard Globale frøkvelv. Det samla beløpet knytt til posten er større enn beløpet knytt til svalbardformål.