Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

1.1 Status og hovudprioriteringar

Norsk landbruk er viktig for å halde oppe matsikkerheit, verdiskaping, busetjing og kulturlandskap. Regjeringa vil ta vare på det unike ved norsk matproduksjon, slik som låg medisinbruk, god dyrevelferd og ei lang verdikjede, i tillegg til bruk av norske ressursar for å leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette inneber mellom anna ein variert bruksstruktur som er basert på regionale og lokale føresetnader for ulike produksjonar.

Landbrukspolitikken skal framleis byggje på desse fire berebjelkane: eit velfungerande importvern, samvirkebaserte marknadsordningar, forhandlingsinstituttet med årlege jordbruksoppgjer, og ein eigedomspolitikk for å sikre den sjølveigande bonden.

Den internasjonale matvaresituasjonen gjer det viktig å sørgje for produksjon av basisvarer, i Noreg så vel som i alle land, i ei tid då klimaendringar har innverknad på føresetnadene for landbruksproduksjon. Regjeringa har inngått ein intensjonsavtale med jordbruket sine organisasjonar, med mål om å auke karbonopptaket og redusere klimagassutsleppa med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. Verkemidla over jordbruksavtalen er over tid vridd i ei meir klimavenleg retning.

I Noreg som i resten av verda opplever vi stor økonomisk tilbakegang som følgje av koronapandemien. Omfattande tiltak for å stanse spreiing av viruset har òg sett forsyningslinene for mat på prøve. Folk har vore mykje heime og laga mat der, hotell- og restaurantmarknaden har delvis vore stengd ned, og grensehandelen stoppa lenge. Det skapte ein stor auke og store endringar i etterspørselen etter mat i dagligvarehandelen. Koronatiltaka skapte samstundes utfordringar med tilgang på arbeidskraft, særleg i grøntsektoren, for drifta i matindustrien og for transport av mat til butikkane.

Med unntak for noko hamstring i den innleiande fasa, har matforsyninga vore stabil. Det har vore eit tett samarbeid mellom regjeringa og alle ledd i forsyningskjeda for mat for å fjerne moglege flaskehalsar så tidleg som mogleg. Det er gjort ein svært god jobb i heile forsyningskjeda for mat, i jordbruket, import, industri, transport og butikkleddet for å sikre folk tilgang på maten dei ønskjer på ein god måte, samstundes som smittevernet har hatt høgast prioritet.

Koronasituasjonen har sett matsystemet på prøve. Prøva er så langt bestått, men minner oss om kor viktig matvareberedskapen og forsyningssikkerheita er. Matsikkerheita til det norske folk blir teke vare på gjennom høg norsk produksjon, gode importsystem og ved å ta vare på produksjonsressursane for framtida. Det har lenge vore eit hovudmål i landbruks- og matpolitikken. Beredskapsutfordringa i denne situasjonen har særleg vore å sikre mest mogleg normal drift og flyt i forsyningslinene, og å tilpasse produksjonen til endringane i etterspørselen. Kunnskapsutvikling er òg viktig i ei tid med koronapandemi. Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet har informert om at pandemien gir merkbare konsekvensar for økonomien i institutta. Oppdragsmengda er redusert og nokre prosjekt er forseinka. For at næringsretta forskingsaktivitet ikkje skal stoppe opp, har regjeringa, med Stortingets tilslutning, auka basisløyvinga til institutta i 2020.

For å bidra til mest mogleg føreseielege rammer og stabilitet i matforsyningane, blei det gjennomført forenkla jordbruksforhandlingar våren 2020, i ein ekstrem situasjon, då uvissa om den vidare utviklinga, både i pandemien og økonomien, var på sitt høgaste. Omsynet var hovudsakleg tryggleik for matprodusentane og forsyning, men avtalen prioriterer samstundes det viktige klimaarbeidet, distriktsomsyn og auka produksjon i grønt- og kornsektoren.

Mange sektorar er hardt råka av pandemien og tiltaka. Jordbruket og matforsyninga samla er mellom sektorane som klarar seg bra. Stor reduksjon i grensehandelen bidreg til auka heimemarknad. Historisk låg rente og låge energiprisar bidreg til auka lønsemd i produksjonen. I periodar med svak norsk krone har prisen på importerte driftsmiddel og importert mat gått mykje opp. Matprisane har auka noko meir enn vanleg, og det ser ut til å bli ein vesentleg inntektsauke for jordbruket i 2020. Budsjettnemnda for jordbruket har på svært usikkert grunnlag estimert inntektsveksten i jordbruket til i overkant av 16 pst. i 2020.

Koronapandemien har òg påverka skogbruket, som er ei marknadsorientert næring der ein del av både råvarer og produkt blir eksporterte. For å sikre gjennomføring av skogplanting i ein vanskeleg arbeidskraftsituasjon våren 2020, omdisponerte departementet midlar i Landbrukets utviklingsfond (LUF) til eit ekstraordinært plantetilskott. Stortinget slutta seg òg til regjeringa sitt forslag om ei ekstraordinær tilskottsordning for å halde hogstaktiviteten oppe.

Koronapandemien har ført til ein utfordrande økonomisk situasjon for mange av verksemdene innan lokalmat og landbruksbasert reiseliv. Særleg har fråvær av ordinære marknadskanalar (til dømes HORECA-marknaden og periodevis stengt eller redusert aktivitet som følgje av koronarestriksjonar) vore ei utfordring. Landbruks- og matdepartementet har gjort midlertidige endringar i verkemiddelbruken for dei bedriftsretta midlane forvalta av Innovasjon Norge, slik at verkemidla kan møte nokon av dei utfordringane bedriftene står overfor når det gjeld omstillingsbehov i samband med pandemien. Innovasjon Norge har utarbeidd ein rapport som summerar opp status og konsekvensar for reiselivet under koronapandemien sommaren 2020. Rapporten peikar mellom anna på at sommaren blei betre enn venta for mange reiselivsverksemder, men at hausten kan bli krevjande som følgje av ein usikker marknad framover i tid. Ein indikator på dette er fråfall i kurs- og konferansemarknaden.

Som oppfølging av Stortingets vedtak tinga Landbruks- og matdepartementet ei ekstern og uavhengig gransking av Mattilsynet si tilsynsverksemd i blå og grøn sektor, det vil seie husdyrhald, planteproduksjon, fiskeri og fiskeoppdrett. Rapporten er tydeleg på at Mattilsynet ikkje har gode nok system og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn. Mattilsynet starta umiddelbart opp arbeidet med å definere fleire tiltak, og arbeider kontinuerleg med å gjennomføre desse tiltaka for å betre forvaltningskvaliteten i heile organisasjonen.

Regjeringa vil følgje opp FNs berekraftmål. Dei 17 måla for berekraftig utvikling som FN har vedteke (2030-agendaen), set ambisiøse mål for sosial, økonomisk og miljømessig utvikling globalt, nasjonalt og lokalt. Måla skal vere tydelege i regjeringa sin politikk, uavhengig av sektor og politikkområde. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for den nasjonale oppfølginga av berekraftmål 2 om å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit, betre ernæring og fremje berekraftig landbruk». Eit toppmøte om berekraftige matsystem skal haldast hausten 2021. Toppmøtet markerer FNs tiår for å oppnå berekraftmåla frem mot 2030. Matsystema må levere matsikkerheit og ernæring på ein slik måte at det økonomiske, sosiale og miljømessige grunnlaget for matsikkerheit i framtida blir teke vare på. Koronapandemien har gitt auka merksemd på forsyningssikkerheit og tilgang til mat under kriser. Auka robustheit i matsystema mot kriser, er eit av fleire tema for toppmøtet. I denne samanheng arbeider regjeringa for å føre vidare og styrkje produksjon på norske areal over heile landet.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med matsikkerheit. Det er viktig å ta vare på produksjonsressursane i heile landet og å auke produksjonen av planteprodukt til mat. Dette er område der sjølvforsyninga kan aukast. For å lukkast må produktiviteten og konkurransekrafta betrast. Norsk jordbruk og matindustri skal produsere varer som norske forbrukarar etterspør. Det betyr både nok mat, og produksjon av trygg mat basert på god plante- og dyrehelse.

Som ein del av oppfølginga av lov om nasjonal sikkerheit, har regjeringa fastsett matvareforsyning som ein grunnleggjande nasjonal funksjon (GNF). Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har delansvar for verdikjeda som utgjer matforsyninga. Landbruks- og matdepartementets ansvar er knytt til nasjonal produksjon av landbruksprodukt og import av landbruksvarer.

Regjeringa vil bruke matpolitikken til å sikre trygg mat og god dyrehelse. Forvaltninga arbeider for å vere førebudd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. For å halde den gode statusen ved lag blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt skjer difor svært sjeldan.

Regjeringa vil følgje opp jordvernstrategien. Dette er viktig for å sørgje for nasjonal matforsyning òg for framtidige generasjonar. Matvareproduksjonen i Noreg skal baserast på miljø- og ressursvenleg bruk av lokale ressursar. Målet Stortinget har vedteke er at omdisponeringa av dyrka mark skal vere under 4 000 dekar i året. Målet er nådd for tredje år på rad. Landbruks- og matdepartementet vil revidere jordvernstrategien i 2021, og samtidig vurdere målet som er sett.

Regjeringa vil framleis styrkje klima- og miljøarbeidet. Vi må ta vare på jorda si langsiktige produksjonsevne, auke norsk fôrproduksjon og nytte dei store utmarksressursane betre. Samstundes har klimaarbeidet høg prioritet. Utsleppa skal reduserast i tråd med klimaavtalen med jordbruket, og vi skal styrkje arbeidet med tilpassing av jordbruket til endringar i klimaet. Jordbruket har etablert prosjektet Klimasmart landbruk, som har som formål å redusere klimaavtrykket frå norsk landbruk. Klimasmart landbruk har utvikla ein klimakalkulator som bereknar utslepp på den enkelte gard. Gardar over heile landet er no i gang med pilotprøving av verktøyet. Utsleppa frå jordbruket har vore svakt fallande sidan 1990, og utsleppa ligg an til å falle òg i 2020. Mykje av jordbrukets utslepp er biogent metan, og svakt fallande utslepp gjer at metanutsleppa ikkje bidreg til ytterlegare oppvarming av jorda. Rapportar frå FNs klimapanel syner at globale klimamål ikkje kan nåast utan vesentlege bidrag frå skogopptak og bruk av biomasse framfor fossile ressursar. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til klimatiltaka tettare planting og gjødsling i skog. Regjeringa vil leggje vekt på at krava til forynging etter hogst blir oppfylte.

Regjeringa vil leggje til rette for betre utnytting av skogressursane. Norsk skog- og trenæring er grøn og berekraftig, med gode utsikter til å spele ei viktig rolle i bioøkonomien framover. Eit aktivt skogbruk som tek omsyn til miljøverdiar og friluftsliv, saman med ein lønsam foredlingsindustri, gir positive nærings-, energi- og klimabidrag. Skogen tener to funksjoner i eit framtidig lågutsleppssamfunn. Først bidreg skogen til eit stort opptak av CO2 og lagring av karbon. Det gir ein tilsvarande auke i tømmervolumet. Dette tømmeret kan brukast til å erstatte fossilbaserte produkt eller fossil energi. Skogtiltak er difor ein «vinn-vinn-situasjon», gjennom både karbonfangst og alternativ til sement, plast og fossil energi. Denne moglegheita for utvikling av industri og bruk av eigne ressursar må utnyttast. Forsking, og utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar, kan bidra til auka verdiskaping og meir klima- og miljøvenlege produkt basert på skogråstoff som kan spele ei viktig rolle i å nå klimamåla og naudsynt grøn omstilling av økonomien. Allereie i dag blir det produsert eit breitt spekter av avanserte og miljøvenlege biokjemikaliar, biomaterialar og bioetanol som erstattar oljebaserte alternativ og dermed bidreg til reduserte utslepp av drivhusgassar. Andre store skogland som Sverige og Finland er førebudde til å nytte marknaden for fornybare lågutsleppsprodukt. Regjeringa legg òg i 2021 opp til vidareutvikling av infrastrukturtiltak i skogbruket. Målet er å leggje til rette for reduserte transportkostnader, auka lønsemd og større konkurransekraft i skog- og trenæringa. Ei ordning under Samferdselsdepartementet for utbetring av flaskehalsar for tømmertransport i det offentlege vegnettet blir ført vidare i 2021.

Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig reindriftsnæring. Dei siste to åra har regjeringa blitt samde med Norske reindriftsamers landsforbund om gode reindriftsavtalar. Innrapporterte reintal er no tilnærma i samsvar med det som er fastsett. Undersøkingar av lavbeite på Finnmarksvidda viser ei positiv utvikling som i nokon grad fell saman med reduksjon i reintalet. Dette gir auka produktivitet og større inntening per dyr. Reindrifta er ei familiebasert næring. Reindriftsavtalen 2020/2021 styrkjer velferdsordningane i reindrifta, og gir moglegheit for at avløyser ved ferie og fritid kan dekkjast av tilskott. Dette er viktig for velferda til familiane i reindrifta. Reindrifta er ein del av landbruket. Regjeringa gjer no framlegg om å auke reindriftsfrådraget til det same nivået som jordbruksfrådraget. Regjeringa vil òg gjere endringar i eigedomsskattelova, slik at reindriftsanlegg får det same fritaket for eigedomsskatt som jordbruk og skogbruk har i dag, jf. Prop. 1 LS (2020–2021).

Tap av rein på grunn av rovvilt er ei stor utfordring i reindrifta. Framover vil det vere sentralt å få redusert slike tap. Det vil òg trengst auka merksemd på tiltak som sikrar reindrifta tilgang på naudsynte areal for auka produksjon og lønsemd. Reindrifta har i 2020 gått gjennom ei omfattande beitekrise, og det har vore naudsynt å gå inn med statlege midlar for å sikre tilstrekkeleg fôr til reinen. Regjeringa vil ha merksemd på kva for konsekvensar beitekrisa vil ha på produksjonen i tida framover.

Regjeringa vil styrkje det faglege grunnlaget for landbruket sin arealbruk. Landbruket er avhengig av tilgjengeleg areal, og det er avgjerande å ha gode faglege grunnlag for å avvege arealbruken mellom ulike interesser. Både mengda av og kvaliteten på jorda er avgjerande for matproduksjonen. Konkurransen om areala aukar, og det er viktig at landbruket sine interesser og behov blir varetekne. Landbruksdirektoratet må levere kunnskap om dette, og arbeid av høg kvalitet på alle ansvarsområde. Klima og miljø knytt til jordbruk og skogbruk er viktige område. Når det gjeld den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken er det særleg viktig å styrkje landbruksfagleg kompetanse.

Rovviltpolitikken skal vareta både levedyktige rovviltbestandar og berekraftige beitenæringar. Dei områda som er prioriterte til ein eller fleire rovviltartar, utgjer om lag 55 pst. av landarealet og 60 pst. av jordbruksarealet i Noreg. Halvparten av arealet som blir nytta av samisk reindrift, er òg prioritert for rovvilt. Rovviltbestandane og forvaltning av desse, har difor stor innverknad på jordbruket og reindrifta. Utnytting av utmarksbeite er òg viktig for å ta vare på det biologiske mangfaldet i det beiteskapte kulturlandskapet.

Rammene for rovviltpolitikken er utforma gjennom rovviltforlika i 2004 og 2011, Stortingets handsaming av Meld. St. 21 (2015–2016) og seinare stortingsvedtak. Regjeringa legg vekt på gjennomføring av rovviltpolitikken i tråd med føringane frå Stortinget. Regjeringa legg vekt på å redusere konfliktnivået ytterlegare og få ned tapa til rovdyr, og det er framleis stor merksemd på den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken der det òg skal leggjast til rette for levedyktig næringsdrift. Erfaring frå skadefelling sommaren 2020 viser at bruk av hund gjer skadefellinga meir effektiv.

Regjeringa vil samle og målrette satsinga på mat og drikke med strategien for Matnasjonen Noreg. Regelverket for foredling på eigen gard skal forenklast, og politikken skal leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket, slik at landbruksgründerar kan utnytte det samla ressursgrunnlaget i inn- og utmark utan unødige hinder. Det er òg utforma ein eigen strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak, der hovudmålet er auka verdiskaping for mat- og reiselivsaktørar. For å skape vekst og verdiskaping i mat- og drikkenæringa skal Matnasjonen Noreg vere ei sams politisk ramme for arbeidet med å sjå mat og reiseliv i samanheng. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein strategi for Matnasjonen Noreg i 2021. Mat er òg kultur og sosialt fellesskap og har eit potensial for å virke samlande mellom by og land og næring og forbrukar. Strategien vil difor leggje til grunn eit breitt perspektiv som både inkluderer helse og næring. Den vil òg favne innsatsen for Gylne Måltidsøyeblikk. Gylne Måltidsøyeblikk handlar om ulike tiltak for å auke interessa, merksemda og kunnskapen om kva som skal til for å auke eldre menneske sin matglede og matlyst. Landbruks- og matdepartementet leier arbeidet med ein strategi for urbant landbruk der òg Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet deltek.

Regjeringa vil auke verdiskapinga frå haustbare viltressursar. Det ligg eit potensial for auka næringsmessig bruk og verdiskaping av utmarka gjennom ei berekraftig og meir aktiv forvaltning av dei haustbare viltressursane. Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping skal mellom anna byggje opp under utvikling på dette området. Regjeringa vil gå gjennom og modernisere viltlova. Lova er nærare 40 år gamal, og det er behov for betre samordning med anna regelverk og klargjering av nye utfordringar på området. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet er ansvarlege for lovarbeidet.

Regjeringa vil leggje til rette for eit kunnskapsbasert og innovativt landbruk. Forsking, innovasjon og kompetanse trengst for å nå målet om berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å ta ut potensialet i bioøkonomien og for verdiskaping basert på norske skogressursar. Ny kunnskap, teknologiutvikling og digitalisering, i tillegg til tett kopling mellom forskingsmiljø og næringsliv, er viktig for at dei mange små og mellomstore bedriftene i landbruket skal vere konkurransedyktige og kunne omstille seg i ei økonomisk krevjande tid som følgje av koronapandemien. I 2021 blir det særleg lagt vekt på forskingsaktivitet som bidreg til å fremje teknologiutvikling, grøn omstilling i næringslivet og utvikling av nye arbeidsplassar, med vekt på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon. Forskingsinnsatsen på landbruks- og matområdet følgjer med dette opp viktige område i regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

Landbruk er ein kompetansekrevjande sektor. Det er viktig med rett kompetanse for betre lønsemd og ein berekraftig produksjon med lågare klimaavtrykk.

Rekruttering av rett kompetanse er viktig i heile verdikjeda for mat, og regjeringa har difor sett ned eit rådgivande utval som har fått i oppgåve å identifisere moglege tiltak for å auke rekrutteringa til mat- og måltidsbransjen.

1.2 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata knytt til dei landbruks- og matpolitiske måla.

Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat som forbrukarane etterspør. Matsikkerheit inneber at innbyggjarane til ein kvar tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat. Matsikkerheita blir vareteke på gjennom nasjonal produksjon, handel og sikring av produksjonsgrunnlaget. Regjeringa har som mål å auke matproduksjonen og styrkje konkurransekrafta til jordbruket. Dei landbrukspolitiske verkemidla skal innrettast slik at dei innanfor økonomiske, miljømessige og handelspolitiske rammer bidreg til auka produksjon der det er moglegheiter og marknad for det.

All mat som blir seld i Noreg, skal vere trygg. Produksjonen av trygg mat skaper tillit, sikrar omsetnad av varer og gir legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Auka matvareberedskap

Dei viktigaste føresetnadene for matsikkerheita i Noreg er kontinuerleg produksjon av mat, varetaking av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem. Gjennom handel på verdsmarknaden er Noreg dermed sikra tilgang til matvarer og innsatsvarer, òg i år der norsk produksjon ikkje strekk til. Regjeringa vil betre matvareberedskapen gjennom å medverke til auka innanlands produksjon av landbruksvarer i produksjonar med marknadsmoglegheiter og ved å medverke til å opprettholde dei matvarer som trengs gjennom import òg i kriser. Matvareberedskapen byggjer på eit samspel mellom næringsaktørar i heile verdikjeda og styresmaktene.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

Noreg har liten førekomst av matboren sjukdom samanlikna med andre land. Regjeringa vil bidra til å halde denne situasjonen ved lag. God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og berekraftig matproduksjon.

Det er òg gjennomgåande god dyrevelferd i Noreg. Regelverket stiller klare krav til dyrehald, og Mattilsynet prioriterer tilsyn med dyrevelferd. Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr er viktig. Det trengst å rette merksemda på både produksjonsdyr- og kjæledyrhald og å fremje respekt for eigenverdien til dyra. Utvikling av kunnskap om verknaden av avlstiltak og ulike driftsformer på dyrevelferda er òg viktig.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

Systematisk avls- og foredlingsarbeid er viktig for ein berekraftig og klimatilpassa landbruks- og matproduksjon. Noreg ligg langt framme innan avlsarbeid på både storfe og svin, og avlsmiljøa markerer seg internasjonalt. Kombinasjonen av stor produksjonskapasitet og særs god fruktbarheit og helse skaper merksemd i mange land. Målretta avlsarbeid kan òg gi viktige bidrag til å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket. Det blir mellom anna arbeidd med å ta inn lågt utslepp av metan som ein ny avlseigenskap, både hos storfe og sau.

Forsking og teknologiutvikling står sentralt i vidareutviklinga av avls- og foredlingsarbeidet, og i vidareutviklinga av norsk landbruk. Dette er viktig for å kunne møte utfordringane i framtida og for å ha plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold. Ny kunnskap vil òg vere avgjerande for å utvikle nye produksjonsprosessar og produkt frå dei mange biologiske ressursane i landbruket, og for å ta ut potensialet i bioøkonomien.

Klimaendringar, den raske teknologiutviklinga og krav om større effektivitet og klimakutt i jordbruket gjer at matproduksjonen i framtida må byggje på ny og oppdatert kunnskap. Det er difor viktig å leggje til rette for utdanningstilbod av høg kvalitet på alle nivå, inkludert kurs og vidareutdanning, for å få dekt kompetansebehova i heile verdikjeda.

Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane

Regjeringa vil leggje til rette for eit aktivt og lønsamt landbruk over heile landet, med produksjonar og næringsverksemd som byggjer på lokale jord-, beite-, skogs- og utmarksareal. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon, og kan òg vere positivt for dyrehelsa. Samstundes medverkar det til eit ope og artsrikt kulturlandskap. Beite i utmark har òg eit stort potensial for å binde karbon i jord. Dette skjer ved at plantane bind karbonet i jordsmonet. Landrapporten frå FNs klimapanel i 2019 viser at det er eit potensial for opptak av karbon på alle jordbruksareal, og i særleg grad beitemark. Årets forenkla jordbruksoppgjer prioriterte å styrkje bruken av beiteressursane i heile landet gjennom ein auke i satsen for beite i utmark.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Ressursgrunnlaget i Noreg er spreidd, og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og skaper grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. Det er difor viktig å bidra til utnytting av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet. Som eit ledd i dette arbeidet vil regjeringa sikre den sjølveigande bonden ved praktisering av jordlova og konsesjonslova, og føre vidare bu- og driveplikta for å sikre at matjorda blir brukt til matproduksjon.

Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av Noreg. Naturgitte vilkår og klimatiske forhold påverkar både produksjonsmoglegheitene og nivået på avlingane. Små og mellomstore bruk er viktige for å utnytte produksjonspotensialet i alle delar av landet. Regjeringa arbeider for auka produktivitet og styrkt konkurransekraft i landbruket. Dette vil vere avgjerande for å realisere målet om auka produksjon og høgare heimemarknadsdelar. Tilskottssystemet i landbruket er difor bygd opp slik at det kompenserer for ein del av dei ulempene mindre bruk har.

Eitt av måla for landbrukspolitikken er eit aktivt og lønsamt jordbruk over heile landet, med produksjonar og næringsverksemd bygd på lokale ressursar og der inntektsmoglegheita blir sikra for ulike bruksstorleikar. I tråd med dette har regjeringa styrkt grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga òg i årets jordbruksoppgjer.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen er det viktigaste bidraget frå regjeringa si side til å gi gode rammevilkår og grunnlag for auka lønsemd i landbruket. Avtalen er dermed det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa.

For å sikre og utvikle norsk matproduksjon og andre landbaserte næringar treng landbruksnæringa, som andre næringar, kunnskap og kompetanse. Det er difor viktig å leggje til rette for eit godt og fleksibelt opplærings- og utdanningssystem i landbruket. I dei siste års jordbruksoppgjer har det blitt lagt vekt på å styrkje kompetansehevande tiltak for næringa og verkemiddel til rekrutterings- og utgreiingsprosjekt. Det er vidare avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet og at dette held seg over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvaren er dei viktigaste og beste ambassadørane for rekruttering til næringa.

Ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng, og er ein viktig eksponent for samisk kultur og levesett. Reindrifta forvaltar ein nasjonal og samisk kulturarv. Reindrifta er ein sentral næringsaktør i mange lokalsamfunn. Den reinen som blir slakta i Finnmark blir i dag òg vidareforedla i Finnmark. For å skape og vidareutvikle livskraftige og berekraftige reindriftssamiske samfunn er det avgjerande at reindrifta er økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig.

Regjeringa vil, i samarbeid med reindriftsnæringa, leggje til rette for ei reindriftsnæring som har god lønsemd og er berekraftig i eit langsiktig perspektiv.

Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Regjeringa prioriterer å leggje til rette for auka inntekter i produksjonar med marknadsmoglegheiter. I produksjon av korn, frukt, grønsaker og bær er det eit stort potensial for å auke norsk produksjon. I årets jordbruksoppgjer var partane samde om å prioritere planteprodukt til mat og klimatiltak, samstundes med at distriktsomsyn skulle takast i vare.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek omsyn til ein stadig meir krevjande nasjonal og internasjonal marknad. Regjeringa har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft gjennom ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen.

Ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine samla ressursar

Landbruket sine ressursar dannar utgangspunkt for eit mangfald av produkt og tenester. Lokale tradisjonar, kreativitet, innovasjon og gründerskap gir grunnlag for auka verdiskaping og sysselsetjing. Ein liten eigedom kan vere eit like godt utgangspunkt for ein forretningsidé som ein større eigedom. Regjeringa arbeider for at det samla ressursgrunnlaget til landbrukseigedommen skal utnyttast betre, og vil stimulere til auka vekst og verdiskaping i andre landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt landbruk. Regjeringa har sett av vesentleg med midlar til dette over jordbruksavtalen, mellom anna til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping forvalta av Innovasjon Norge (IN), og gjennomført fleire forenklingar i regelverket for å stimulere til ei positiv utvikling. Innsatsen har medverka til auka profesjonalisering og vekst særleg innan lokalmatområdet, men òg innanfor område som reiseliv og Inn på tunet. Omsetnad av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka frå 3,8 mrd. kroner i 2014 til 5,25 mrd. kroner i 2019. I 2019 blei for første gong salet gjennom hotell, restaurant og catering målt, og tala syner at den samla omsetnaden no har passert 11 mrd. kroner. Strategien for reiseliv basert på landbruket og ressursane i reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak, skal medverke til ein meir heilskapleg og målretta innsats på området.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Matnasjonen Noreg er ei sams ramme for næringsutvikling og verdiskaping i mat- og drikkenæringa og omfattar både grøn og blå sektor. Regjeringa skal leggje fram ein strategi for å engasjere næringa til eit forsterka samarbeid om vidare utvikling og til, mellom anna, å sjå mat og reiseliv i samanheng. Her vil det vere viktig å engasjere heile næringskjeda, og andre aktørar som kan vere interesserte, til å delta i bygginga av Noreg som ein matnasjon fram mot 2030. Strategien skal etter planen leggjast fram i 2021.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Utviklinga med større jordbruksbedrifter, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi krev større investeringar enn før. Nye krav til dyrevelferd, medrekna krav om lausdriftsfjøs, gir eit særleg investeringsbehov innan mjølk- og storfeproduksjon. Regjeringa har prioritert verkemiddel som stimulerer til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane er eit viktig risikoavlastande verkemiddel som medverkar både til modernisering og effektivisering innan tradisjonell landbruksproduksjon, og til auka sysselsetjing og utvikling av ny næringsverksemd i andre landbruksbaserte næringar. I dei siste års jordbruksoppgjer har frukt og grøntsektoren vore særskild prioritert med ei øyremerka ramme for investeringstiltak.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Regjeringa vil føre ein skogpolitikk som legg til rette for å skape større verdiar av norske skogressursar. Regjeringa vil leggje til rette for skogbruk og trebasert industri gjennom gode generelle rammevilkår for næringslivet, mellom anna gjennom satsing på infrastruktur, forsking og utvikling i tillegg til eit næringsvenleg skatteregime. Regjeringa vil styrkje grunnlaget for skogbruket gjennom kostnadsreduserande tiltak som til dømes utbygging av skogsvegar og tømmerkaier, fjerning av flaskehalsar i infrastrukturen og gjennom skogplanting bidra til å sikre framtidsskogen. Regjeringa la fram strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling 12. mars 2019. Som ledd i oppfølging av strategien, har departementet etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Redusert forureining frå landbruket

Å redusere vassforureininga frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjennomført, viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt avrenning som skjuler verknaden av tiltaka. Miljøprogramsatsinga omfattar viktige verkemiddel for å stimulere til meir miljøvenleg drift. Det er difor viktig å vidareføre denne satsinga.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

All skog- og matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt skog- og jordbruk basert på opptak av CO2. Netto opptak i skog- og arealbrukssektoren utgjorde i 2018 23,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette svarar til nesten halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Skog står for storparten av karbonopptaket i sektoren. I Parisavtalen er det sett eit mål om å oppnå balanse mellom opptak og utslepp av klimagassar i andre halvdel av dette hundreåret. Opptak i skog og jord vil spele ei avgjerande rolle for å kunne nå denne balansen. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Klimagassutsleppa frå jordbruket utgjorde 8,7 pst. av dei samla utsleppa i 2018. Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavenleg retning. I jordbruksoppgjeret 2019 blei klimainnsatsen styrkt ved å prioritere ordningar som kan reknast inn i den offisielle klimagassrekneskapen. Klimaavtalen som blei inngått mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket i juni 2019, vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Regjeringa vil føre vidare tiltak i skogforvaltninga som medverkar til auka opptak av CO2 og lagring av karbon.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sitt areal og ressursgrunnlag

Rett bruk og vern av arealressursane er viktig for å nå målet om auka matproduksjon. Både mengda av og kvaliteten på jorda er avgjerande for matproduksjonen. Det er difor viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjorda. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova storsamfunnet har. Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponering av dyrka jord til under 4 000 dekar, og bedt regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa utforma ein eigen strategi for å nå målet, og denne blei handsama av Stortinget i 2015. I 2018 oppdaterte regjeringa denne strategien, og målet for omdisponering er nådd dei siste åra.

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing i landbruket. Departementet arbeider difor med oppfølginga av ein strategi for genetiske ressursar for å styrkje forvaltninga av dei.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Jordbrukslandskapet, med sitt mangfald og variasjon av natur- og kulturverdiar, er ein viktig del av landskapet i Noreg. Kulturlandskapet blir halde ved like ved ei målretta forvaltning som òg bidreg til å halde ved lag det biologiske mangfaldet og ta vare på kulturminne. Det viktigaste bidraget til eit levande kulturlandskap er å halde oppe eit levande, aktivt landbruk. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal særleg bidra til å forvalte og skjøtte det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og utformar planar som kan liggje til grunn for ei god forvaltning.

Frå og med 2020 har dei aktuelle kommunane ansvaret for forvaltning av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga skal vere effektiv og brukarvenleg og kjenneteikna av god kvalitet i alle ledd. Forvaltninga legg stor vekt på å gjere forbetringar og effektivisere drifta, og følgjer slik opp regjeringa si reform for avbyråkratisering og effektivisering (ABE-reforma). Effektiv bruk av ressursane inneber både å utføre oppgåvene rett og å prioritere dei rette formåla. Effektiv drift kan gi gevinstar i form av reduserte utgifter over statsbudsjettet, men effekten kan òg vise seg i høgare kvalitet og betre resultat. Innovasjon og ny teknologi kan òg bidra til meir effektiv bruk av økonomiske ressursar.

Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Landbruks- og matdepartementet skal vere sporbart og integrert i planverk og styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder. Departementet og underliggjande verksemder samarbeider godt om samfunnstryggleik og beredskap. Det er eit mål at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive verksemda vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser. Ansvaret departementet har for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor, er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik.

Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

For at vi skal nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla, må løyvingane til forsking, innovasjon og kompetanse vere så målretta som mogleg. Det er viktig at resultata frå forskinga er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og at instituttsektoren er effektiv og har eit godt samspel med andre.

Forsking, innovasjon og teknologiutvikling skal danne grunnlag for effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar. Ei tett kopling mellom forsking og næringsliv er sentralt for å utnytte potensialet. Vidare vil internasjonalt forskingssamarbeid gi viktige bidrag til å løyse samfunnsutfordringar, og bidra til høg kvalitet på forskinga.

Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta formidling, slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det naudsynt å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å leggje til rette for eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet.

Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

Utviklinga i norsk landbruk og matindustri heng nøye saman med utviklinga internasjonalt. Ei rekkje internasjonale avtalar dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar blir fornya med jamne mellomrom. Noreg har i fleire av desse særlege nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket, mellom anna med grunnlag i naturgitte forhold, kostnadsnivå og nasjonale landbruks- og matpolitiske mål.

Regelverket til Verdas handelsorganisasjon (WTO), inkludert landbruksavtalen, legg rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Vidare legg EØS-avtalen klare føringar på regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverket i EU på matområdet. Regjeringa legg vekt på å vareta norske interesser ved å medverke tidlegare i prosessar og politikkutforming i EU enn det dei formelle og uformelle foruma i EØS-avtalen gir høve til. Arbeidet med bilaterale frihandelsavtalar for EFTA-landa vil framleis ha høg prioritet. Det same gjeld pågåande frihandelsforhandlingar mellom EØS-landa og Storbritannia. Aktiv deltaking i WTO-forhandlingar er òg eit prioritert område.

Noreg deltek òg i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både globale og regionale, og både innanfor og utanfor FN-systemet. Departementet deltek aktivt i desse foruma, mellom anna for å medverke til berekraftig utvikling, global matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning, bevaring av genetiske ressursar og styrking av landbruket og bøndene si stilling i den tredje verda.

1.3 Hovudtrekk ved budsjettframlegget

( i mill. kr)

Nemning

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Administrasjon m.m.

183,2

182,0

-0,6

15.10 Matpolitikk

1 507,2

1 487,1

-1,3

15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

840,8

839,2

-0,2

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

17 939,2

18 613,4

3,8

Sum Landbruk og mat

20 470,3

21 121,8

3,2

Sum Landbruks- og matdepartementet

20 470,3

21 121,8

3,2

Hovedprioriteringar i budsjettframlegget for Landbruks- og matdepartementet:

  • landbruk over heile landet

  • kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

  • klimatiltak i skog

Verkemiddel over jordbruksavtalen skal leggje til rette for auka verdiskaping og landbruk over heile landet. Som følgje av jordbruksavtalen for 2021 blir det gjort framlegg om endringer i tilskott tilsvarande 350 mill. kroner i auka budsjettstøtte. Inntektsveksten per årsverk frå 2019 til 2020 blei av Budsjettnemnda for jordbruket på usikkert grunnlag estimert til i overkant av 16 pst. I tråd med føringar frå Stortinget blir korn, frukt, grønt og poteter prioritert. Som følgje av bortfall av eksportsubsidiar til mjølk blir det gjort framlegg om ei auka løyving på 189 mill. kroner til oppkjøp av mjølkekvoter for å tilpasse produksjonen tilsvarande redusert eksportvolum. Reindriftsavtalen for 2021 fører vidare verkemiddel som prioriterer dei som har reindrift som hovedverksemd, under dette velferdsordningane.

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald. Det arbeidast med å endre kompensasjonsordninga som følgje av anmodningsvedtak frå Stortinget.

Skogen kan bidra til auka opptak av CO2, og produkt frå skogen kan tene fleire funksjonar i eit framtidig lågutsleppssamfunn. Regjeringen gjer framlegg om å auke løyvinga til klimatiltak i skog for å auke karbonopptaket gjennom tettare planting og auka gjødsling i skog.

1.4 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Budsjettets stilling pr. 1. halvår

Forslag 2021

15.00

Administrasjon m.m.

182 309

183 150

183 150

181 971

15.10

Matpolitikk

1 531 016

1 507 161

1 521 209

1 487 119

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

829 168

840 800

853 311

839 239

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

17 222 758

17 939 207

18 260 207

18 613 423

Sum programområde 15

19 765 251

20 470 318

20 817 877

21 121 752

Inntekter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Budsjettets stilling pr. 1. halvår

Forslag 2021

15.00

Administrasjon m.m.

1 091

1 098

1 098

1 128

15.10

Matpolitikk

216 895

205 790

205 790

205 503

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

18 081

18 533

18 533

19 052

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

322 640

308 913

299 913

302 014

15.40

Forretningsdrift

80 000

33 750

64 000

9 000

Sum programområde 15

638 707

568 084

589 334

536 697

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–24

Driftsutgifter

1 909 679

1 861 263

1 857 756

-0,2

30–49

Investeringar

3 536

14 771

14 771

0,0

50–59

Overføringar til andre statsrekneskap

2 193 823

2 252 603

2 291 258

1,7

60–69

Overføringar til kommunesektoren

180 471

170 286

174 945

2,7

70–89

Overføringar til private

15 477 741

16 171 395

16 783 022

3,8

Sum under departementet

19 765 250

20 470 318

21 121 752

3,2

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

182 309

183 150

181 971

-0,6

Sum kategori 15.00

182 309

183 150

181 971

-0,6

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

127 976

120 606

103 170

-14,5

1115

Mattilsynet

1 403 040

1 386 555

1 383 949

-0,2

Sum kategori 15.10

1 531 016

1 507 161

1 487 119

-1,3

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

227 909

233 816

239 706

2,5

1137

Forsking og innovasjon

601 259

606 984

599 533

-1,2

Sum kategori 15.20

829 168

840 800

839 239

-0,2

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

49 668

48 527

48 527

0,0

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

24 161

30 205

30 205

0,0

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

90 108

79 278

72 088

-9,1

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

11 389

10 519

-7,6

1142

Landbruksdirektoratet

580 782

674 637

1 056 255

56,6

1148

Naturskade – erstatningar

67 452

168 000

159 000

-5,4

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

147 412

121 206

122 335

0,9

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

16 108 162

16 645 652

16 940 902

1,8

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

130 678

136 100

149 500

9,8

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

24 335

24 213

24 092

-0,5

Sum kategori 15.30

17 222 758

17 939 207

18 613 423

3,8

Sum utgifter

19 765 251

20 470 318

21 121 752

3,2

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

1 091

1 098

1 128

2,7

Sum kategori 15.00

1 091

1 098

1 128

2,7

Matpolitikk

4115

Mattilsynet

216 895

205 790

205 503

-0,1

Sum kategori 15.10

216 895

205 790

205 503

-0,1

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

18 081

18 533

19 052

2,8

Sum kategori 15.20

18 081

18 533

19 052

2,8

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4140

Haustbare viltressursar

3 631

4141

Haustbare viltressursar

4 500

3 630

-19,3

4142

Landbruksdirektoratet

53 907

44 363

45 554

2,7

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

3 221

50

50

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

261 881

260 000

252 780

-2,8

Sum kategori 15.30

322 640

308 913

302 014

-2,2

Forretningsdrift

5652

Statskog SF – renter og utbytte

80 000

33 750

9 000

-73,3

Sum kategori 15.40

80 000

33 750

9 000

-73,3

Sum inntekter

638 707

568 084

536 697

-5,5

1.5 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Tabell 1.1 nedanfor viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2019–2020 og alle vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje blei avslutta i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2019–2020) eller i samband med handsaminga av meldinga til Stortinget om oppmodings- og utgreiingsvedtak. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. Det vil i desse tilfella vere ei tilvising til kvar denne teksten finst.

I kolonne 4 i tabell 1.1 går det fram om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år. Rapporteringa på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, til dømes ein proposisjon, ei stortingsmelding, ei utgreiing eller liknande, vil normalt først bli avslutta når saka er lagd fram for Stortinget.

Sjølv om det i tabellen står at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å ta hand om særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli halde orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 1.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering blir avslutta (Ja/Nei)

2019–2020

354

Endre kompensasjonsordninga ved avvikling av pelsdyrhald, slik at det blir gitt kompensasjon som om det dreier seg om eit ekspropriasjonsarta inngrep

Nei

2019–2020

355

Erstatte gjeldande kompensasjon til ein kompensasjon basert på verdivurdering av kvart enkelt pelsdyranlegg

Nei

2019–2020

356

Utforme opplegg for taksering av pelsdyranlegg basert på faglege verdivurderingar som tek utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslege reglar

Nei

2019–2020

357

Videreføring av ordningar knytta til avvikling av pelsdyrnæringa som fastsett i gjeldande forskrift

Nei

2019–2020

476

Auka norsk plantebasert matproduksjon og sjølvforsyning i inneverande år

Ja

2019–2020

477

Sikre nok arbeidskraft til jordbruket

Ja

2019–2020

597

Opptak av karbon på norske skogareal

Nei

2018–2019

155

Landbrukets eigen nedbygging av dyrka og dyrkbar mark

Nei

2018–2019

585

Kompensasjonsordning ved forbod mot pelsdyrhald

Ja

2017–2018

140

Sikring og finansiering av opplysningsverksemda i landbruket

Ja

2017–2018

141

Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering

Nei

2016–2017

837

Fjellova i Nordland og Troms

Ja

2016–2017

878

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Nei

2016–2017

885

Gjennomgang av hundelova

Nei

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2019–2020

Endre kompensasjonsordninga ved avvikling av pelsdyrhald slik at det blir gitt kompensasjon som om det dreier seg om eit ekspropriasjonsarta inngrep

Vedtak nr. 354, 11. mars 2020:

Representantforslag om full erstatning for de som er rammet av forbudet mot pelsdyrhold

«Stortinget ber regjeringen om å endre kompensasjonsordningen for pelsdyroppdrettere som holdt pelsdyr 15. januar 2018 og som rammes av vedtaket i Stortinget 13. juni 2019 om forbud mot hold av pelsdyr, slik at det gis kompensasjon som om det dreier seg om et ekspropriasjonsartet inngrep.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020). Departementet arbeider med ei revidert kompensasjonsordning som skal erstatte den eksisterande. Departementet vil orientere Stortinget på eigna måte.

Erstatte gjeldande kompensasjon til ein kompensasjon basert på verdivurdering av kvart enkelt pelsdyranlegg

Vedtak nr. 355, 11. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen om å erstatte gjeldende kompensasjon basert på bokført verdi og/eller antall avlstisper, med en økonomisk kompensasjon til pelsdyroppdretterne basert på verdivurdering av hvert enkelt pelsdyranlegg.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020). Departementet arbeider med ei revidert kompensasjonsordning som skal erstatte den eksisterande. Departementet vil orientere Stortinget på eigna måte.

Utforme opplegg for taksering av pelsdyranlegg basert på faglege verdivurderingar som tek utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslege reglar

Vedtak nr. 356, 11. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen om å utforme et opplegg for taksering av pelsdyranlegg basert på faglige verdivurderinger som tar utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslige regler.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020). Departementet arbeider med ei revidert kompensasjonsordning som skal erstatte den eksisterande. Departementet vil orientere Stortinget på eigna måte.

Videreføring av ordningar knytta til avvikling av pelsdyrnæringa som fastsett i gjeldande forskrift

Vedtak nr. 357, 11. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen om å videreføre øvrige ordninger tilknyttet avvikling av pelsdyrnæringen som fastsatt i gjeldende forskrift.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020). Departementet arbeider med ei revidert kompensasjonsordning som skal erstatte den eksisterande. Departementet vil orientere Stortinget på eigna måte.

Auka norsk plantebasert matproduksjon og sjølvforsyning i inneverande år

Vedtak nr. 476, 31. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med næringen vurdere å gjennomføre tiltak som stimulerer til økt norsk plantebasert matproduksjon og selvforsyning i inneværende år. Staten må herunder vurdere stille med garantier slik at næringen ikke blir økonomisk skadelidende ved eventuell overproduksjon av enkelte planteprodukter.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. S. 216 S (2019–2020).

Jordbruksoppgjeret er ein hensiktsmessig arena for samarbeid med næringa for å stimulere til ein auke i norsk plantebasert matproduksjon. Difor var òg omsynet som er adressert i vedtaket ein viktig del av vurderinga om ein skulle gjennomføre eit forenkla jordbruksoppgjer våren 2020, eller om heile oppgjeret skulle utsetjast til hausten. Situasjonen tidleg i vår var svært uoversiktleg, då det ikkje låg føre noko ordinært grunnlagsmateriale. Det blei tidleg klart at det ikkje kunne bli gjennomført normale forhandlingar.

For å bidra til ein mest mogleg føreseieleg situasjon for bøndene og stabilitet i matforsyningane, blei det gjennomført forenkla forhandlingar. For produksjonen av plantevekstar var det viktig fordi avtalte målprisar for råvarer gjeld til 30. juni, og målprisane må endrast frå 1. juli. Det blei inngått ny jordbruksavtale den 30. april 2020, der planteprodukt til mat, som korn, poteter, frukt og grønsaker var prioritert. Dette fører vidare prioriteringane frå tidlegare avtalar. Det er viktig fordi same prioritering over noko tid avgjer endringar i tilpassingane. På avtaletidspunktet i det enkelte år er dei fleste produksjonsplanar lagt og naudsynte innkjøp av innsatsvarer er gjort.

Regjeringa har ikkje vurdert det som naudsynt med garantiar for økonomiske konsekvensar av eventuelt overproduksjon. Det er stort sett rom i marknaden for auke i planteproduksjonen, men på fleire område må norske produsentar konkurrere med import. Jordbruksavtalen seier at jordbruket har det økonomiske ansvaret for overproduksjon. Det er eit viktig prinsipp i arbeidet med å balansere råvaremarknaden.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Sikre nok arbeidskraft til jordbruket

Vedtak nr. 477, 31. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen, sammen med partene i arbeidslivet, sikre nok arbeidskraft til jordbruket slik at matforsyningen og beredskapen for befolkningen sikres. Det forutsettes at man sikrer ordnede lønns- og arbeidsforhold innen landbruket.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. S. 216 S (2019–2020).

Matforsyninga i Norge har gått om lag som normalt under heile koronakrisa med unntak for nokre avvik i starten knytt til transport, karantene og noko hamstring. Avgrensing av moglegheitene til å reise over landegrenser har gitt utfordringar i tilgangen på utanlandsk arbeidskraft, særleg for grøntsektoren. Der er Noreg i same situasjon som dei fleste land i Europa.

Regjeringa gjennomførte ei rekkje tiltak for å leggje til rette for tilgang på sesongarbeidskraft, og å bidra til mest mogleg normal drift i matindustrien og forsyningslinene. Mellom anna blei det opna for arbeidarar frå EØS-området og seinare frå tredjeland. Det blei òg gjort endringar i regelverket for dagpengar som skulle gjere det meir økonomisk attraktivt for permitterte å ta sesongarbeid i jordbruket. Vidare blei det utarbeidd ei rettleiing for korleis arbeidet kunne gjennomførast med smittevern.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Opptak av karbon på norske skogareal

Vedtak nr. 597, 19. mai 2020:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for økning av det langsiktige opptaket av karbon på norske skogarealer. Planen må, i tillegg til å omfatte en nærmere plan for skogplanting, inneholde kunnskapsbaserte verdiskapingstiltak og konkrete klimatiltak som vil føre til at skogbruket kan bidra til å nå utslippsmålene.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Dokument 8:62 S (2019–2020), jf. Innst. 280 S (2019–2020).

Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Norges vassdrags- og energidirektorat og Enova, har i Klimakur 2030 samarbeidd om å greie ut tiltak som kan kutte ikkje-kvotepliktige utslepp med 50 pst. innan 2030, samanlikna med 2005, og vurdert barrierar og verkemiddel som kan løyse ut dei aktuelle tiltaka. For skog og annan arealbruk er det eit mål å balansere utslepp og opptak gitt eit sett med bokføringsreglar. I Klimakur 2030 er det òg vurdert tiltak og verkemiddel som kan auke opptak av CO2 og redusere utslepp frå skogareala. På bakgrunn av Klimakur 2030 vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med ein plan som synleggjer korleis Noreg kan nå utslippsforpliktingar, under dette korleis tiltak i skog kan bidra.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019

Landbrukets eiga nedbygging av dyrka og dyrkbar mark

Vedtak nr. 155, 11. desember 2018:

«Stortinget ber regjeringen utrede en generell søknads- og meldeplikt i jordloven for å regulere landbrukets egen nedbygging av dyrket og dyrkbar mark.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 1 S (2018–2019), som i Vedlegg 1 kapittel 3.2 gjaldt landbruket si eiga nedbygging. Det sto der at regjeringa vil greie ut ei generell søknads- eller meldeplikt i jordlova for å regulere landbruket si eiga nedbygging av dyrka og dyrkbar mark.

I rapport 35/2019 har Landbruksdirektoratet på oppdrag frå departementet greidd ut dette spørsmålet. Direktoratet peikar på at strukturendringane i jordbruket i dag kan føre til at det blir bygd på dyrka eller dyrkbar jord. I rapporten har direktoratet mellom anna vist korleis gjeldande reglar i jordlova og plan- og bygningslova er praktiserte, og korleis ein heimel for søknads- eller meldeplikt kan sjå ut.

Ein generell søknads- eller meldeplikt vil vere ein ny sakstype som kan redusere omstillingsmoglegheitene i næringa og føre med seg auka tids- og ressursbruk for kommunen. Departementet føreslår difor ikkje ei slik løysing no.

Rapporten frå Landbruksdirektoratet viser at det finst andre tenlege og mindre inngripande verkemiddel som kan vere aktuelle. Rettleiing innanfor eksisterande regelverk er eit alternativ. Jordlova § 9 fastset at det krevst løyve til omdisponering dersom jordbruksareal skal nyttast til anna enn jordbruksproduksjon. Gjennom føresegna kan kommunen både regulere sjølve omdisponeringa og setje krav om korleis tiltaket kan gjennomførast. Skal eigaren oppføre naudsynte bustadhus eller driftsbygningar på arealet krevst det ikkje løyve etter føresegna. Er bygninga ikkje naudsynt, er større enn det det er behov for eller ikkje har direkte samanheng med drifta av jordbruksarealet, skal det søkjast om løyve. Dette gjeld til dømes ved oppføring av bygningar eller parkeringsområde til bruk for tilleggsnæringar, eller der dyrka jord blir teken i bruk til hage mv. Eit anna døme er ved opprusting av driftsbygningar eller bustadhus som ikkje har samanheng med jordbruksdrifta fordi jordbruksarealet blir drive ved bortleige. Skiljet mellom kva som er naudsynt og kva som ikkje er det, kjem ikkje tydeleg nok fram i eksisterande rundskriv til føresegna. Ei klårgjering i rundskrivet kan føre til at meir av landbruket si eiga nedbygging vil bli handsama av kommunane. Det kan igjen føre til at ein får betre oversikt over nedbygginga, og til at bygging eventuelt skjer på uproduktive areal. Departementet vil følgje opp gjennom betre rettleiing innanfor dagens regelverk.

Departementet vil òg sjå nærare på Statistisk sentralbyrå (SSB) sitt arbeid med det årlege arealrekneskapet, og sjå om det kan gi tenleg oversikt over nedbygginga.

Kompensasjonsordning ved forbod mot pelsdyrhald

Vedtak nr. 585, 13. juni 2019:

«Stortinget ber regjeringen følge erstatningsordningen tett, og forventer at ordningen justeres dersom det blir urimelige utslag i samlet utmåling av kompensasjon, inkludert kompensasjonen for bokført verdi av ikke-realiserbar kapital, til enkeltutøvere knyttet til avvikling av næringsdriften. Stortinget holdes orientert om hvordan ordningen i tilfelle vil bli justert i lys av dette.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av innstilling frå næringskomiteen om lov om forbud mot hold av pelsdyr (Innst. 348 L (2018–2019)).

Vedtaket er følgt opp gjennom oppfølging av vedtak 354, 355, 356 og 357. Sjå nærare omtale under vedtak 354.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018

Sikring og finansiering av opplysningsverksemda i landbruket

Vedtak nr. 140, 11. desember 2017:

«Stortinget ber regjeringen sikre opplysningsvirksomheten i landbruket og finansieringen av denne frem til Omsetningsrådet har foretatt den varslede gjennomgangen av virkemiddelbruken.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018). Næringskomiteen hadde i samband med handsaminga av jordbruksoppgjeret 2019 følgjande merknad kring marknadsbalansering, jf. Innst. 414 S (2018–2019):

«Komiteen legger til grunn at eventuelle forslag til endringer i regelverket blir sendt på alminnelig høring slik at en ivaretar bred involvering.»

Omsetningsrådet hadde forslag til endringar på høyring fram til 1. mars 2020. Rådet har etter dette handsama høyringsinnspela, og konkluderte i juni 2020 med at dei har hatt ein brei gjennomgang av opplysningsverksemda finansiert over omsetnadsavgifta. Rådet har vedteke ein ny finansieringsmodell for Opplysningskontoret for egg og kjøtt som gir kostnadsinnsparingar og rammer for reguleringstiltak. Omsetnadsavgifta bør framleis vere hovudkjelda til finansiering av opplysningskontoras verksemd, men det bør leggjast til rette for frivillig delfinansiering frå industrien. Omsetningsrådet gir si støtte til kontoras forslag om samarbeid, og vil at dette blir synleg i framtidige budsjett. Omsetningsrådet avsluttar prosessen med samlokalisering av kontora. På dette grunnlaget meiner departementet at vedtak 140 av 11. desember 2017 er følgt opp.

Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering

Vedtak nr. 141, 11. desember 2017:

«Stortinget ber om at endringer i virkemidlene for markedsbalansering som ikke er i tråd med Omsetningsrådets anbefalinger, legges frem for Stortinget.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018).

Omsetningsrådet har i brev til departementet av 19. mars 2018 informert om at det legg opp til ein endeleg gjennomgang av regelverk og ordningar innan 31. desember 2019.

Næringskomiteen har i samband med handsaminga av jordbruksoppgjeret 2019 følgjande merknad kring marknadsbalansering, jf. Innst. 414 S (2018–2019):

«Komiteen legger til grunn at eventuelle forslag til endringer i regelverket blir sendt på alminnelig høring slik at en ivaretar bred involvering.»

Omsetningsrådet hadde forslag til endringar på høyring fram til 1. mars 2020. Rådet har etter dette handsama høyringsinnspela, og vil sende ut endelege regelverk hausten 2020.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget ved behov.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017

Fjellova i Nordland og Troms

Vedtak nr. 837, 8. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede å gi fjelloven samme anvendelse i Nordland og Troms som sør for Nordland grense. Utredningen skal legge til grunn at Statskog fortsatt skal beholde ansvaret for skogressursene. Utredningen skal videre legge til grunn at gjeldende finnmarkslov videreføres innenfor dagens fylkesgrense for Finnmark, men ikke utvides til nye geografiske områder.»

Komiteens merknader (Innst. 373 S (2019–2020)):

«Komiteen viser til at regjeringen vil ta stilling til spørsmålet om å innføre fjellova i Nordland og Troms parallelt med forslag fra Samerettsutvalget og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Komiteen avventer dette før vedtaket kvitteres ut.»

Landbruks- og matdepartementet viser til framstillinga om saka i Prop. 1 S (2019–2020). I tabell 1.1 i proposisjonen legg departementet til grunn at det ikkje er behov for å rapportere vidare om saka. Saka er difor heller ikkje omtalt i Meld. St. 12 (2019–2020).

Departementet meiner det vil vere naturleg at rapportering om saka skal gjerast i høve med regjeringa si samla oppfølging av forslaget frå Samerettsutvalet II om ny forvaltningsordning for Nordland og Troms i NOU 2007: 13 Den nye sameretten. Departementet meiner difor det ikkje er naudsynt å rapportere vidare på vedtak nr. 837 (2016–2017).

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Vedtak nr. 878, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensen av en videre liberalisering av konsesjonsplikten utover de lovmessige endringer som nå vedtas for rene skogeiendommer.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.), jf. Innst. 427 L (2016–2017). Ved handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018), uttalte næringskomiteen at utgreiing av eigedomsregelverket i jord- og skogbruk bør ha som siktemål å gjere omsyna bak lova mest mogleg effektive. Komiteen meinte at det blir feil utelukkande å peike på liberalisering av regelverket, og at utgreiingsarbeidet må få ei brei tilnærming.

Under handsaminga av Meld. St. 12 (2019–2020) har Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité i samband med dette vedtaket vist til at ei avvising av vedtak som regjeringa ikkje ønskjer å gjennomføre, bør skje ved at det blir retta eit forslag til Stortinget om å oppheve vedtaket.

Stortinget vedtok ei rekkje liberaliseringar i eigedomslovgivinga i 2017. Formålet med endringane var å leggje til rette for auka omsetnad av landbrukseigedom og endring av eigedoms- og bruksstrukturen, særleg innan skogbruket. Endringar i eigedoms- og bruksstrukturen skjer over lang tid. Det er for tidleg å fastslå kva for følgjer lovendringane frå 2017 har hatt på eigedoms- og bruksstrukturen. Regjeringa vil difor ikkje føreslå ytterlegare liberalisering i jord- og konsesjonslovgivinga no, men vil komme tilbake til Stortinget på ein tenleg måte når det er mogleg å sjå nærare på konsekvensane av lovendringa.

Gjennomgang av hundelova

Vedtak nr. 885, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en helhetlig gjennomgang av hundeloven av 2003 for å sikre at reglene om hundehold bygger på et godt og velfundert grunnlag.»

Stortinget ba ved oppmodingsvedtak den 13. juni 2017 om ein heilskapleg gjennomgang av hundelova for å sikre at reglane om hundehald byggjer på eit godt og velfundert grunnlag.

Landbruks- og matdepartementet fekk ved kgl.res. den 15. februar 2019 overført ansvaret for hundelova frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet har starta opp arbeidet, og vil orientere Stortinget på eigna måte.

1.6 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» føreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49.

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2020

Forslag 2021

1100

21

Spesielle driftsutgifter

2 775

15 376

1137

70

Innovasjonsaktivitet m.m.

3 000

2 000

1137

71

Bioøkonomiordninga

5 378

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

35

1 298

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

18 385

30 205

1140

71

Tilskott til viltformål

8 549

35 278

1141

23

Jegerprøve m.m.

14

3 630

1142

71

Tiltak for berekraftig reindrift

676

4 500

1142

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

6 984

350 000

1142

78

Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald

20 000

1142

80

Radioaktivitetstiltak

500

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

24

72 674

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

6 938

44 690

1150

21

Spesielle driftsutgifter

8 119

18 400

1150

70

Marknadstiltak

1 024

273 145

1150

74

Direkte tilskott

10 164

9 566 800

1150

77

Utviklingstiltak

12 799

291 309

1150

78

Velferdsordningar

13 970

1 553 145

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

1 009

95 800

1151

79

Velferdsordningar

170

4 000

Til forsida