Del 2
Budsjettframlegg
2 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 182 309 | 183 150 | 181 971 | -0,6 |
Sum kategori 15.00 | 182 309 | 183 150 | 181 971 | -0,6 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 1 091 | 1 098 | 1 128 | 2,7 |
Sum kategori 15.00 | 1 091 | 1 098 | 1 128 | 2,7 |
Mål og strategiar
Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv. Det inneber at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvenlege løysingar og vere kjenneteikna av god kvalitet, i tillegg til å ha gode system for samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av målstruktur for landbrukspolitikken i del I, og målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del III.
Prioriteringar
Regjeringa innførte frå og med 2015 ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Kravet om mindre byråkrati og ein meir kostnadseffektiv bruk av statlege midlar vil gjelde det meste av statleg forvaltning, òg landbruks- og matforvaltninga. Ei meir effektiv statleg drift skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet, noko som kjem samfunnet til gode. Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver har som mål å gi effektive ringverknader og reduserte samla kostnader for samfunnet. Det vil difor ha høg prioritet òg i 2021. I tillegg vil viktige prioriteringar for departementet på det administrative området vere å føre vidare arbeidet med å utvikle god styring av underliggjande verksemder og føre vidare arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen og under Fornye, forenkle og forbetre i del IV.
Verknader av lønsoppgjeret 2020
Våren 2020 blei det vedteke å utsetje årets lønsoppgjer for det statlege tariffområdet til hausten 2020. Som følgje av dette er verknader for 2021-budsjettet av inneverande års lønsoppgjer for ansatte i det statlege tariffområdet førebels ikkje innarbeidd i departementas og underliggjande verksemder sine budsjettrammer. Oppgjeret starta tirsdag 1. september. Regjeringa vil komme tilbake til verknader av oppgjeret for 2021-budsjettet.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Driftsutgifter | 163 583 | 163 404 | 163 588 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 17 182 | 16 738 | 15 376 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 1 255 | 2 720 | 2 720 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 289 | 288 | 287 |
Sum kap. 1100 | 182 309 | 183 150 | 181 971 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Posten skal dekkje løns- og driftsutgifter i departementet. Dei tilsette utgjer den viktigaste ressursen for departementet.
Rapportering 2019
Løyvinga dekkjer drift av departementet. Om lag 72 pst. av utgiftene var knytte til lønsrelaterte kostnader. Husleige for departementet utgjorde om lag 16 pst. Resten av løyvinga blei nytta til andre driftsutgifter, til dømes inventar, drift og utikling av IKT, reiser, kurs, konferansar og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde 135 årsverk pr. 1. januar 2020.
Departementet følgjer opp satsinga på lærlingar i staten. Departementet har og fortsett samarbeidet med Fontenehuset. Denne ordninga gir personar som har falle utanfor arbeidslivet arbeidserfaring i departementet i opp til seks månader. I tillegg har departementet inngått avtale med NAV om å formidle aktuelle kandidatar med hol i CV eller nedsett funksjonsevne til relevante ledige stillingar i departementet. Departementet har dei siste åra redusert administrative stillingar og effektivisert drifta i tråd Kommunal- og moderniseringsdepartementets Strategi for betre og meir effektive administrative tjenester i departementsfellesskapet (2016–2020).
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 163,6 mill. kroner for 2021.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Midlane på posten blir nytta til særskilde prosjektrelaterte kostnader, godtgjering til utgreiingsutval mm.
Rapportering 2019
I 2019 blei posten i hovudsak nytta til å føre vidare kampen mot skrantesjuke hos hjortevilt og til dekking av ein del av departementet sitt bidrag til helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT). HUNT ser mellom anna på samanhengen mellom folkehelse og dyrehelse.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,4 mill. kroner for 2021. Løyvinga vil bli nytta mellom anna til å halde fram kampen mot skrantesjuke, som er nærare omtalt under kap. 1115 Mattilsynet.
1 mill. kroner er ført over frå denne posten til kap. 1137, post 70 Innovasjonsaktivitet mm, for å samle overføringane til Mære landbruksskule på ein og same budsjettpost.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til å finansiere store innkjøp og utgifter til vedlikehald i departementet og ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar. Institutta som er underlagde Landbruks- og matdepartementet, leiger fleire eigedommar av departementet. Ved avhending av heile eller delar av desse eigedommane kan utgifter til arbeid med dette òg førast over posten.
Rapportering 2019
I 2019 blei det nytta 1,2 mill. kroner til reparasjon og vedlikehald ved departementet sine eigedommar.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,7 mill. kroner for 2021, som vil bli nytta til naudsynt vedlikehald og utbetringar på departementet sine eigedommar.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store innkjøp og vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet. Posten må sjåast i samanheng med post 45.
Rapportering 2019
I 2019 blei det nytta 289 000 kroner til utskifting av nødlysanlegg ved hovudkontoret til Norsk institutt for bioøkonomi.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 287 000 kroner for 2021.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Refusjonar m.m. | 143 | 126 | 129 |
30 | Husleige | 948 | 972 | 999 |
Sum kap. 4100 | 1 091 | 1 098 | 1 128 |
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 127 976 | 120 606 | 103 170 | -14,5 |
1115 | Mattilsynet | 1 403 040 | 1 386 555 | 1 383 949 | -0,2 |
Sum kategori 15.10 | 1 531 016 | 1 507 161 | 1 487 119 | -1,3 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4115 | Mattilsynet | 216 895 | 205 790 | 205 503 | -0,1 |
Sum kategori 15.10 | 216 895 | 205 790 | 205 503 | -0,1 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og løyving til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå òg nærare omtale av Veterinærinstituttet i Prop. 1 S (2020–2021) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av dette arbeidet har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.
Hovudmåla på det matpolitiske området er:
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er:
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønskje, og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og følgde opp på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonale standardar. Det er viktig for å sikre at varene vi importerer er trygge og oppfyller krava frå forbrukarane. Det er òg viktig for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande innan overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er naudsynt, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission, FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagdt til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under Verdshandelsorganisasjonen (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.
Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på ein open og aktiv Europa-politikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i regelverksutviklinga der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. Når det gjeld større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet for den europeiske union, arbeider regjeringa inn mot desse organa for å fremje norske synspunkt.
Mattilsynet er ein sentral offentleg aktør i gjennomføringa av matpolitikken. Mattilsynet er avhengig av eit godt omdømme og høg tillit for å lukkast i samfunnsoppdraget sitt. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2020–2021) frå Helse- og omsorgsdepartementet kap. 745.
Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet er viktig for at forvaltninga skal vere godt fagleg og vitskapleg fundert.
Prioriteringar
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Situasjonen i Noreg er god samanlikna med andre land når det gjeld førekomst av matboren sjukdom. Det kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt låg. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del III. Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, trengst det å arbeide kontinuerleg for å halde han oppe. Arbeidet for trygg mat må òg ta omsyn til at nye ressursar kan nyttast til mat og fôr.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, anten dei er framstilte i Noreg eller importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat og drikkevatn.
Det er verksemdene som har ansvaret for at maten er trygg, og for å sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og omset innsatsvarer og mat, varierer mykje i storleik og karakter.
Effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lettskjemd mat eller handterer mat som ikkje er innpakka, er særleg viktig.
Kvaliteten på drikkevatnet i Noreg er generelt god, men mange vassforsyningssystem er sårbare på grunn av gamle leidningsnett som er utsette for lekkasjar. Enkelte stader er det dessutan ikkje gode nok reservevassløysingar dersom hovudvassforsyninga sviktar. I mange tilfelle trengst det auka innsats frå vassverka for å sikre trygg vassforsyning i framtida, ikkje minst ved å auke utskiftingstakten av gamle vassrøyr. Hendingar som smitteutbrottet på Askøy i 2019 viser at det er viktig at kommunar og vassforsyningsverksemder følgjer opp krava i drikkevassforskrifta for å sikre trygt vatn til innbyggjarane.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjende infeksjonar som har auka hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å ta vare på den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand hos menneske og dyr.
Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk brukar av ulike matvarer, og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere eksisterande inntaksdata. I dette samarbeidet blir Matvaretabellen med opplysningar om innhald av næringsstoff i matvarer utvida og forbetra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om miljøforureining eller andre uønskte stoff i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet av framandstoff i fisk, dyr og planter. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del III.
Som oppfølging av Stortingets vedtak nr. 630, (2018–2019) tinga Landbruks- og matdepartementet ei ekstern og uavhengig gransking av Mattilsynet si tilsynsverksemd i blå og grøn sektor, dvs. husdyrhald, planteproduksjon, fiskeri og fiskeoppdrett. KPMG sin granskingsrapport blei lagt fram 10. desember 2019. Rapporten er tydeleg på at Mattilsynet ikkje har gode nok system og rutiner for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn.
I tillegg til KPMG si gransking har Mattilsynet gjennomførd fleire interne undersøkingar av forvaltningskvalitet i verksemda. Resultata viser at det er varierande og for dårleg forvaltningskvalitet. Resultata samsvarer med funn frå KPMG si gransking.
Mattilsynet sette straks i gang tiltak og arbeider kontinuerleg med å gjennomføre tiltak for å betre forvaltningskvaliteten i heile organisasjonen.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2019–2020) frå Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Arbeidet følgjer opp måla i handlingsplanen for betre kosthald (2017–2021). Ansvaret for kostråda ligg hos helsestyresmaktene, men arbeidet med å leggje til rette for eit kosthald som er i tråd med kostråda blir følgt opp av mange aktørar. Mattilsynet har òg ei viktig rolle i dette arbeidet, særleg når det gjeld regelverk og tilsyn knytt til merking av mat, til dømes om næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking. Den nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat, Nøkkelhòlet, gir forbrukarane eit rikare tilbod av, og betre informasjon om, matvarer som kan bidra til eit sunnare kosthald.
Rett merking av matvarer er viktig for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og handtere maten rett. Mellom anna sikrar det at forbrukarane får kjennskap til kva matvarene inneheld, korleis dei skal brukast og oppbevarast, kvar dei kjem frå, og kor mykje næring dei gir.
Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta, men det er òg enkelte særskilte nasjonale reglar, til dømes for sjømat. Departementa vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at reglane i matinformasjonsforordninga om merking av ingrediensar og næringsinnhald òg skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer. Mattilsynet følgjer òg utviklinga i EU tett på området for opphavsmerking på tilarbeidde kjøttprodukt og meieriprodukt.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Noreg har generelt god plantehelse, men den aukande importen av planter og plantemateriale kan auke risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar.
Regjeringa vil leggje vekt på å hindre at hjorteviltsjukdommen chronic wasting disease (CWD) får fotfeste i Noreg. Den omfattande kartlegginga vil bli ført vidare for å få best mogleg oversikt over situasjonen. Ei slik kartlegging er, saman med smitteførebyggjande tiltak, òg naudsynt for å sikre at vi har frisk villrein til å byggje opp igjen villreinstammen i Nordfjella sone 1.
Feil bruk av antibiotika til folk og dyr har ført til ein vesentleg auke av motstandsdyktige bakteriar som utgjer eit alvorleg helsetrugsmål globalt. Regjeringa er svært merksam på dette, og har mellom anna utarbeidd ein tverrsektoriell nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Arbeidet med sikte på å føre vidare og fornye den tverrsektorielle strategien frå 2021 er i gang. Strategien er særleg retta mot redusert bruk av antibiotika, rett bruk av antibiotika og utvikling av kunnskap. Aktiv deltaking i internasjonale forum er viktig for å bidra til betre tilgang til og ansvarleg bruk av antibiotika og utvikling av nye antibiotika, vaksinar og betre diagnostiske hjelpemiddel.
Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2016 ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor sitt sektoransvar. Handlingsplanen skal mellom anna bidra til å nå relevante mål i den tverrsektorielle nasjonale strategien.
Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2018 redusert med 17 pst., mens salet av antibiotika til hund og katt er redusert med 34 pst. Nedgangen er på om lag 24 pst. når ein reknar med bruk av humane antibakterielle middel.
Evna til å løyse utfordringane med sjukdommar i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom, inkludert lakselus, er òg viktig for å sikre god velferd, minke smittepresset i miljøet og redusere bruk og utslepp av medikament. Svinnet frå produksjon i oppdrettsnæringa er framleis høgt, og det er viktig å arbeide for å redusere dette tapet.
Det er innført eit trafikklyssystem for å auke kapasiteten i havbruksnæringa. Systemet byggjer på ein indikator for påverknad av lakselus på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde. Oppfølging og utvikling av dette systemet vil bli prioritert.
Regjeringa styrkjer arbeidet for god dyrevelferd. Ei viktig satsing i dette arbeidet har vore å etablere prøveprosjekt med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet (dyrepoliti), som no omfattar seks politidistrikt. Dyrepolitiprosjekta legg til rette for betre samhandling mellom Mattilsynet og politiet og betre system og klare rutinar for handsaming av alvorlege saker som gjeld mishandling og vanrøkt av dyr.
Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr er viktig. Det trengst merksemd på både produksjonsdyr- og kjæledyrhald. Utvikling av kunnskap om korleis avlstiltak og ulike driftsformer påverkar dyrevelferda, er òg viktig.
For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd kan vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad ikkje er varsla om på førehand. Besetningar der risikoen for brott på regelverket er størst, blir prioriterte. Ved negative funn i slike dyrehald blir det òg prioritert å gjennomføre oppfølgande tilsyn. Auka tilsyn retta mot landdyr i primærproduksjon bidreg òg til å førebyggje dyretragediar ved at Mattilsynet tidlegare kan sjå faresignal om manglande stell og gi målretta rettleiing. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna landbrukets HMS-teneste og slakteria, og innføring av dyrevelferdsprogram for svineproduksjonen, bidreg òg til at dyrehald i risikosona kan bli oppdaga tidleg.
Andre omsyn
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet, slik at han blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på tryggleiken til produkta som blir eksporterte. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda og å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.
Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld den aukande eksporten av avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.
Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, leggje til rette for gode måltid i barnehagar og skular og hos eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring. Regjeringa la våren 2017 fram Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021). Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Arbeidet med å leggje til rette for eit sunnare kosthald må vere basert på kunnskap om kva for faktorar som er viktige for folk sitt val av mat. Merksemd om matglede og god matkvalitet er viktig. Mange er òg opptekne av kvar maten kjem frå og korleis han blir produsert. Kunnskap om samanhengen mellom mat og helse er òg grunnleggjande for å velje sunt. Matportalen.no presenterer forbrukarretta informasjon frå offentlege styresmakter om sunn og trygg mat, trening og fysisk aktivitet.
I Meld. St. 15 (2017–2018) presenterte regjeringa kvalitetsreforma Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre. Dette er òg ei reform for større matglede for eldre, anten dei bur heime eller er på sjukeheim eller sjukehus. Regjeringa ønskjer å gjere måltidet til ei god oppleving i kvardagen, sørgje for fleire måltid gjennom døgnet og sikre god ernæring med gode kokkar og lokale kjøkken. Det har vore gode erfaringar med matgledekorps i Innlandet og stor interesse for besøk av liknande korps òg i Trøndelag. Ein ser óg at matgledeseminar er populære. Begge tiltaka har vore i eit samarbeid mellom departementa og fylkesmannsembeta. Departementet vil arbeide vidare med tiltak for matglede i institusjonar. I 2020 blei det lansert ei eiga heimeside (Matgledekorpset.no) som samlar og synliggjer erfaringar om matgledearbeidet.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.
Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FNs berekraftmål om å halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Reduksjonen skal skje i produksjons- og forsyningskjeda, i detaljhandelen og hos forbrukarane. Ein bransjeavtale om redusert matsvinn blei underteikna i juni 2017 av fem departement og representantar for alle ledd i matverdikjeda. Formålet med avtalen er å samarbeide om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Avtalen skal dermed bidra til å redusere miljøkonsekvensane knytte til matproduksjon og forbruk i Noreg. I jordbruksoppgjeret 2018 blei det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle drøfte problemstillingar knytte til statistikk for matsvinn i jordbrukssektoren. Arbeidsgruppa leverte sin rapport til jordbruksoppgjeret 2019. Partane i jordbruksoppgjeret støtta tilrådinga frå arbeidsgruppa og blei samde om å setje av 1 mill. kroner til å følgje opp arbeidet med statistikk.
Det vil bli arbeidd med å redusere bruk og risiko for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel, i tråd med gjeldende Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. I dette arbeidet er det viktig med integrert plantevern, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Godt samarbeid mellom næringa, rådgivingstenesta, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter er sentralt for å kunne nå måla i handlingsplanen.
Ytterlegare omtale av arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon finst under kat. 15.30.
I Prop. 1 S (2020–2021) frå Nærings- og fiskeridepartementet er sjømat omtalt.
Kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald
Som oppfølging av Stortingets vedtak til lov om forbod mot hald av pelsdyr, fastsette departementet 27. november 2019 forskrift om kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Stortinget fatta 11. februar 2020 fleire oppmodingsvedtak knytte til kompensasjonsordninga. Mellom anna blei det fatta vedtak der regjeringa blei bedd om å endre kompensasjonsordninga, slik at det blir gitt kompensasjon som om det dreier seg om eit ekspropriasjonsarta inngrep. Regjeringa arbeider med oppfølging av vedtaka knytte til kompensasjonsordninga. Fram til endringane blir sette i verk, kan pelsdyroppdrettarar som har avvikla, søkje kompensasjon etter gjeldande ordning. Desse vil få høve til å søkje på nytt og få utbetalt eventuell tilleggskompensasjon når den nye ordninga er på plass.
I tillegg til den kompensasjonsordninga som skal endrast, blir ein del etablerte ordningar ført vidare i tråd med oppmodingsvedtak frå Stortinget. Dette omfattar kompensasjon for kostnader til riving og opprydding etter avvikling av pelsdyrhaldet, kompensasjon for lågare alderspensjon til nokre pelsdyroppdrettarar og ei ordning med samla ramme på 100 mill. kroner til omstillingstiltak, mellom anna til kompetansehevande tiltak.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 127 976 | 120 606 | 103 170 |
Sum kap. 1112 | 127 976 | 120 606 | 103 170 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Formål med løyvinga
Veterinærinstituttet (VI) er eit biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr og sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Instituttet bidreg òg i førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat. Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er viktig som grunnlag for utvikling av lovverk. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.
VI yter òg tenester og formidlar kunnskap til næringa, til fagpersonell og til dyreeigarar, og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk. Instituttet samarbeider vidare med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.
Veterinærinstituttet skal arbeide mot følgjande mål:
Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske
Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning
Delmål: God beredskap
Delmål: Konkurransekraftige bionæringar
Veterinærinstituttet vil leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet.
Instituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik blir finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Forsking er ein sentral del av verksemda til Veterinærinstituttet og er omtalt under kap. 1137.
Rapportering 2019
God dyre- og fiskehelse og dyre- og fiskevelferd er viktige føresetnader for sunne økosystem, og for produksjon av berekraftig og trygg mat av høg kvalitet.
I internasjonal samanheng er norsk dyrehelse mykje god, og det blir sjeldan påvist meldepliktige sjukdommar. Måla for reduksjon i bruk av antibiotika til husdyr, fastsett i regjeringa sin strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020, blei nådd allereie i 2018.
Sommaren 2019 blei det påvist eit utbrott av mædi på sau i Trøndelag. Det har òg vore arbeidd med salmonellautbrottet hos hest som starta i 2018. Tidleg på hausten kom «hundesaka» med mange alvorleg sjuke og nokre daude hundar med ukjend årsak.
I løpet av 2019 har instituttet styrkt sitt arbeid retta mot internasjonal utvikling. NORAD sitt Fish for Development-prosjekt i Ghana er eit samarbeid mellom Veterinærinstituttet, Havforskningsinstituttet og ghanesiske partnarar for å utvikle ein berekraftig akvakultur i Voltasjøen. I tillegg er Veterinærinstituttet engasjert i eit afrikansk prosjekt som arbeider med aflatoksiner i mat, og i eit prosjekt i Thailand om kartlegging av antibiotikaresistens i svineproduksjonen. Instituttet og NORAD starta i 2019 arbeidet med å utarbeide ein rammeavtale innan dyre- og fiskehelse og matsikkerheit i NORAD sin Kunnskapsbank.
Samarbeid med kinesiske institusjoner blei videreutvikla i 2019, mellom anna gjennom undertekning av to samarbeidsavtalar med Harbin Veterinary Institute og med Institute for Microbiology – Chinese Academy of Sciences. I juni 2019 blei det gjennomført eit vitenskapelig samarbeid med Mongolia, og ei kartlegging blei utført ut frå eit sams mål om framtidig samarbeid i eit ONE HEALTH-perspektiv. Ein rapport frå dette blei presentert då den mongolske presidenten besøkte Landbruks- og matdepartementet i januar 2020.
Veterinærinstituttet har òg i 2019 lagt ned mykje ressursar i arbeidet med nytt hovudkontor på Ås. Dei ekstraordinære kostnadane knytte til dette, i tillegg til høge pensjonskostnader, skapte store økonomiske utfordringar for Veterinærinstituttet, noko som førte til at instituttet fekk tilført ekstra midlar i revidert nasjonalbudsjett 2019.
Veterinærinstituttet gjennomførte i 2019 ei omorganisering der instituttet gjekk frå ei geografisk organisering til ei nasjonal heilheitleg fagleg organisering. Dette har resultert i auka intern og ekstern samhandling, i tillegg til effektivitet innan arbeidet med diagnostikk.
Delar av den ekstra løyvinga i samband med revidert nasjonalbudsjett er øyremerkt til bygging av nye lokale på Holt i Tromsø. Forsking og nærvær i nordområda er strategisk viktig for instituttet, og dei nye lokala vil utgjere ein vesentleg fordel i dette arbeidet.
Instituttet starta hausten 2019 digitalisering av histopatologi (produksjon av digitale mikroskopibilder av vev). For å gjere dette effektivt, vil produksjon av histopatologiske bilete for sjukdomsoppklaring innan akvakultur føregå i Harstad og innan landdyr ved hovudkontoret. Tolking av bileta blir deretter gjort av ekspertar i heile Veterinærinstituttet under leiing frå Harstad og Oslo.
Innføring av nytt økonomistyringssystem i 2018 har bidrege til vesentleg betre prosjektstyring ved instituttet.
Veterinærinstituttet sitt styre vedtok i 2019 ein ny strategi for instituttet som skal gjelde for perioden 2020–2023. I strategiprogrammet er følgjande lagt vekt på; arbeidet med berekraft, internasjonale forhold, ein desentralisert forskings- og kunnskapsorganisasjon, digitalisering og metodeutvikling, kommunikasjon og etablering av nytt hovudkontor på Ås. Det er lagt opp til å følgje opp den nye strategien med ein årleg omverdaanalyse som skildrar relevante globale og nasjonale forhold, og korleis dei påverkar helse- og velferdssituasjonen hos dyr og fisk.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 103,2 mill. kroner.
Veterinærinstituttet skal etablere seg i nytt hovudkontor på Ås med moderne og effektive arbeidsrutinar og utstyr.
Veterinærinstituttet skal, som nasjonalt biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt, vere Noregs leiande kunnskapsleverandør innan beredskap, biotryggleik og handtering av helsetrugsmål. Dette gjeld områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik.
Veterinærinstituttet skal ta hand om og verne om den gode dyrehelsesituasjonen og mattryggleiken i Noreg. Det blir stadig viktigare å overvake og ha god kunnskap om zoonosar (som er sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske). Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgiving innan antibiotikaresistens og skrantesjuke (CWD) vil framleis vere høgt prioritert. På same vis er beredskapen mot nye trugande sjukdommar viktig.
Å støtte styresmakter og næringane i vidareutviklinga av ei nasjonal bioøkonomisatsing er ei oppgåve for Veterinærinstituttet framover. Instituttet sitt viktigaste bidrag her er forskingsbasert kunnskapsstøtte for betre å ta hand om helse og velferd i samband med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet.
Utviklinga av oppgåver for instituttet er påverka av auka globalisering og endringar i klima. Veterinærinstituttet legg FNs berekraftsmål til grunn for aktiviteten og vil kontinuerleg vidareutvikle sin kompetanse og sine metodar for framleis å vere i front innan sine fagområde.
Globalisering og klimaendringar kan utfordre den gode husdyrhelsa i Noreg. Det trengst difor forsking og kunnskapsutvikling som sikrar og vidareutviklar den nasjonale beredskapen mot kjende og nye helsetrugslar, med særleg vekt på konkrete førebyggjande tiltak i næring og forvalting. Denne forskinga skal vidareutvikle konkurranseevna til norsk husdyrproduksjon. Forskinga skal òg leggje til rette for å vidareutvikle bruken av helsedata i næring og forvaltning til å forutsjå og førebyggje sjukdom, og dermed danne grunnlag for eit risikobasert helsearbeid.
Veterinærinstituttet sine oppgåver innan beredskap, diagnostikk og forsking vil bli modernisert ved bruk av ny teknologi og nye metodar. Særleg vil bruk av informasjonsteknologi og ulike bioteknologiske løysingar bli nytta til å etablere nye metodar.
VI ønskjer å styrkje sin internasjonale aktivitet, i hovudsak bygd på tidlegare samarbeid med andre land. Spesielt for 2021 kan nevnast arbeidet med Norad, Horizon Europe, WorldFish og FAO.
Instituttet vil leggje vekt på å betre effektiviteten for å kunne kanalisere ressursar der styresmaktene og næringane har nye behov for bistand. Gjennom auka bruk av mellom anna digitalisering og vidareutvikling av styringa av verksemda har instituttet som mål å få til ei vesentleg effektivisering. Dette gjeld diagnostikk, analysar, administrative oppgåver, men òg auka effektivitet gjennom målretta leiing på alle nivå ved instituttet.
Konsekvensane av klimaendringane rammar dei arktiske områda sterkt. Dette, saman med innvandring av ulike framande plante- og dyreartar, endrar økosystema og fører til at smittestoff lettare kan spreie seg frå sør til nord, frå aust til vest og langs kysten. Samtidig aukar mobiliteten i arbeidsmarknaden og det er omfattande reiseliv og godstransport i nordområda. Dette fører til fleire moglege kjelder til innføring av smitte.
På Svalbard førekjem fleire sjukdommar som smittar frå dyr til menneske (zoonosar) og som kan truge dyrelivet der. Spreiing av sjukdom mellom dyr og menneske kan ein heller ikkje utelukke i andre norske område.
Veterinærinstituttet ønskjer å prioritere auka kunnskap om situasjonen vedkjem smittestoff og giftstoff som påverkar dyrehelsa og fôr- og mattryggleiken i nordområda.
I arbeidet med å førebyggje sjukdom og å tryggje god dyrehelse er det viktig at Veterinærinstituttet gir råd til veterinærar, næring og forvalting innan smittevern og biosikkerheit.
For å møte behova i matforvaltninga og næringa vil instituttet styrkje det etablerte kompetansesenteret for produksjonsdyr. Dei fleste hovudaktivitetane ved senteret har base i Sandnes, men det er óg tilsette som arbeider med produksjonsdyrhelse i Tromsø, Trondheim og Ås, noko som skal medverke til at senteret sine aktivitetar for å få ei god nasjonal dekning og sikre tilgang på god kompetanse. Aktivitetane ved senteret må komme til nytte for produksjonsdyrnæringa og forvaltninga i heile landet.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Driftsutgifter | 1 389 328 | 1 369 024 | 1 366 485 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 10 304 | 13 331 | 13 264 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 3 408 | 4 200 | 4 200 |
Sum kap. 1115 | 1 403 040 | 1 386 555 | 1 383 949 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda. Mattilsynet har òg oppgåver knytte til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.
Mattilsynet fører òg tilsyn med at regelverket blir etterlevd på område som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Det gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, husdyravl, kosmetikk og kroppspleieprodukt, dyrehelsepersonell og omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Den enkelte verksemda har ansvar for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal bruke dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde når det er naudsynt for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet skal arbeide etter desse måla:
sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
vareta miljøvenleg produksjon
Innanfor rammene av dei måla som er sette i lovgivinga, skal Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at det tek omsyn til aktørane langs heile matproduksjonskjeda. Det omfattar òg marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle regelverk
rettleie om regelverk
handheve regelverk
overvake status og utvikling på området
ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser
Folkehelseinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har ein fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mat og miljø når det trengst i regelverksarbeidet og den utøvande forvaltninga.
Resultatrapport 2019
Rapportering etter effektmål
Målet om helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Mattryggleiken i Noreg er god med få utbrott av matboren sjukdom. Nye mattrendar, klimaendringar og nye råvarer til mat, vil auke behovet for ny kunnskap og vil gi oss nye utfordringar med trygg mat.
Dei fleste matprodusentane tek produksjon av trygg mat på alvor og følgjer reglane. Det er lite smittestoff i norske husdyr og norskproduserte matvarer og Mattilsynet følgjer opp tilstanden i næringar og hos enkeltverksemder gjennom dialog, rettleiing og tilsyn. Importerten av varer frå land med annan smittestatus aukar. Det kan utfordre mattryggleiken.
Drikkevatn
Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god, og få blir sjuke av vatnet frå krana. Likevel oppstår det i nokre tilfelle hendingar kor drikkevatnet kan vere ei smittekjelde. Dei største truslane mot trygt drikkevatn i tilstrekkelege mengder i tida framover, er gamle eller dårleg vedlikehaldne vassleidningar og drikkevassbasseng. Utbrottet av sjukdom forårsaka av Campylobacter i Askøy kommune 2019 var eit døme på dette. I tillegg er manglande leveringstryggleik ein trugsel ved mange vassforsyningssystem.
Det er om lag 1400 vassforsyningssystem i Noreg som kvar forsyner meir enn 50 fastbuande personar, og nesten 90 prosent av folkemengda får drikkevatn frå desse forsyningssystema.
Kjemiske stoff og smittestoff
Det er viktig at Noreg kartlegg og overvaker førekomst av stoff i mat for å vurdere tilstand. Vi plikter å skaffe fram og rapportere data til EU og andre standardsetjande organ. Dette blir gjort for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere risiko, lage reglar og fastsetje grenseverdiar i mat. Formålet er å verne folkemengda mot helseskadar.
Det er få funn over gjeldande grenseverdiar for rester av plantevernmiddel og veterinære legemiddel i mat. Resultata er på same nivå som tidlegare år. Det er òg få funn av forureinande stoff i fisk og sjømat over gjeldande grenseverdiar. Funna er i hovudsak knytte til villfanga sjømat i særskilde område. Ved funn over grenseverdiar blir det sett i verk tiltak. Når det gjeld mikroorganismar som smitter frå dyr til menneske blir norske overvakingsdata samanstilt med europeiske data i ein sams europeisk zoonoserapport. Rapporten stadfestar at statusen er god i Noreg.
For å sikre representative data frå alle medlemsland utarbeider EU kontrollplanar for forureinande stoff, tilsetjings- og aromastoff og matkontaktmateriala. Erfaringa er at koordinerte program gir betre kunnskapsgrunnlag fordi landa samarbeider om ei målretta overvaking av dei viktigaste farane i maten. Risikorangeringa av stoff i mat som Vitskapskomiteen for mat og miljø utførte i 2019, vil komme til stor nytte i dette arbeidet.
Også i Noreg har vi utfordringar knytte til mattryggleiken. Det norske klimaet gjer at vi har særlege utfordringar med soppgifter i korn og akrylamid i potetchips. Det er òg nokre område kor det er naturleg høg førekomst av kadmium i jorda på grunn av alunskifer. I 2019 har Mattilsynet analysert for mykotoksin, plantegifter og tungmetall i korn og grønsaker. Resultata har hatt nytteverdi for regelverksutviklingsarbeid i EU.
Hygiene
Mattilsynet fører årleg over 20 000 tilsyn med produsentar og serveringsstader for å kontrollere at krava til hygiene, tillaging og oppbevaring blir følgde.
Fleire bransjar har utarbeidd og nyttar nasjonale retningsliner for god hygienepraksis. Mattilsynet har ei rolle som pådrivar slik at retningslinene er oppdaterte og brukarvenlege. Bransjeretningsliner ser ut til å vere til nytte både for næringsutøvarar og tilsynet.
Norske produsentar av industriell slaktekylling deltek i handlingsplan mot Campylobacter. Tiltaka gir ein folkehelsegevinst ved at færre menneske blir smitta av denne bakterien frå norsk slaktekylling. Det er eit teikn på at kyllingprodusentane gjennomfører gode smitteførebyggjande tiltak. Samanlikna med andre europeiske land har Noreg låg førekomst av Campylobacter i slaktekylling.
Kosmetikk
Nordmenn ligg framleis i Europatoppen når det gjeld kjøp av kosmetikk og kroppspleieprodukt. Både førekomst av, og kunnskapsmangel om stoff i kosmetikk kan gi alvorlege helseskadelege effektar. Biverknader og villeiande informasjon er òg ei stor utfordring.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
Plantehelse
Plantehelsa i Noreg er god samanlikna med andre europeiske land, men meir import aukar faren for at nye alvorlege planteskadegjerarar kjem inn i landet.
Plantehelse blir vurdert ut frå fråvær av planteskadegjerarar, som til dømes virus, bakteriar, insekt, midd, sopp og nematodar. Mattilsynet overvaker og kartlegg kvart år prioriterte planteskadegjerarar.
Av dei om lag 160 alvorlege planteskadegjerarane på EPPO si A2-liste førekjem 19 i Noreg. 14 av desse blir aktivt kjempa mot, mens 5 er så spreidd at det ikkje løner seg å kjempe mot dei med offentlege midlar.
Sidan 2016 er blodlus påvist i fleire viktige fruktområde, og i 2019 blei fem nye funn meldt. Det er sannsynleg at blodlus er meir spreidd enn det som er avdekt til no, og risikoen for å få inn ny smitte med planteimport er stor.
Landdyrhelse
Noreg har god dyrehelse samanlikna med andre europeiske land og resten av verda. Men risikoen for introduksjon av nye smittestoff og antibiotikaresistente bakteriar er større i dag enn for ti år sidan som følgje av auka samhandling over landegrensene.
Afrikansk svinepest spreier seg til stadig nye land, og det er risiko for at villsvin i norsk natur er ein mogleg smitteberar til norske tamsvin.
Kampen mot skrantesjuke (CWD) er eit langsiktig arbeid over fleire år, og kampen var ei hovudprioritering òg i 2019. Planen for kampen mot skrantesjuke blir følgd, med små justeringar. Området der den klassiske forma av CWD hos villrein blei funne, ligg no brakk. Mattilsynet held fram å kartleggje for å få oversikt over utbreiinga og for å friskmelde hjortedyrpopulasjonar. Kontaktbestandar til Nordfjella sone 1 må vere friskmelde før reetablering av villrein i området.
Virussjukdommen mædi hos sau blei oppdaga i Trøndelag gjennom ordinær kjøttkontroll. Flytting av livdyr er omfattande og ei medverkande årsak til spreiing. Det er starta eit større prøvetakingsarbeid i om lag 500 besetningar og utvida kartlegging og saneringstiltak vil bli gjennomført i mange år.
Mattilsynet brukar årleg store ressursar på uttak av prøver frå daude storfé og småfé for å dokumentere at vi er fri for prionsjukdommar som kugalskap og skrapesjuke.
Fiskehelse
Noreg er i verdstoppen på lakseoppdrett. Oppdrettsnæringa er ein viktig bidragsytar både som sjømatprodusent og som del av norsk næringsliv. I underkant av 900 oppdrettsanlegg i sjø produserer om lag 1 355 000 tonn matfisk. Ein berekraftig vekst avheng av god fiskehelse. Sjølv om sjukdomssituasjonen ikkje er forverra, er helsesituasjonen i norsk oppdrettsnæring ikkje tilfredsstillande.
Dei viktigaste listeførte sjukdommane for norsk oppdrett er virussjukdommane Pankreas-sjukdom (PD), Infeksiøs lakseanemi (ILA) og parasitten lakselus. Talet på utbrott av ILA har vore relativt stabilt dei siste åra. Talet på tilfelle av PD blei noko redusert, men det har likevel vore ein monaleg auke sidan 2010.
Det er utarbeidd ein plan for kampen mot PD som skal bidra til ein einskapleg kamp i dei ulike sonene. Planen krev fagleg skjønn, og Mattilsynet vil arbeide for å sikre føreseielege og einskaplege vurderingar.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Landdyrvelferd
Dyrevelferda for landdyr er i hovudsak god, sjølv om det òg er utfordringar. Kronisk dårlege dyrehald er ei utfordring som krev tett oppfølging og mykje ressursar.
Det er gode føresetnader for å vareta dyrevelferda i Noreg. Haldningane til dyr er jamt over gode, og dyrehelsa er god. Regelverket er strengt, og tilsynet som er landsdekkjande har vide fullmakter. Mattilsynet har god oversikt over dyrehalda med produksjonsdyr, og eit godt samarbeid med næringsorganisasjonane.
Kronisk dårlege dyrehald er kjenneteikna av for dårleg tilsyn og stell av dyra over tid. Dei to siste åra har Mattilsynet satsa på ein meir systematisk tilnærming til slike dyrehald. Etter ein topp i talet på inngripande vedtak i 2018, er talet på slike vedtak gått noko ned i 2019.
Mattilsynet har fastsett ein handlingsplan for dyrevelferd. Handlingsplanen gjer greie for viktige utfordringar og aktuelle tiltak for å løfte dyrevelferda. Oppfølging av kronisk dårlege dyrehald og gjennomføring av ein landsomfattande tilsynskampanje for gris er prioritert. Planlegginga av tilsynskampanjen starta opp mot slutten av 2019.
Mattilsynet fekk 12 400 meldingar frå publikum om dårleg dyrevelferd i 2019, noko som er ein liten nedgang etter tidlegare jamn auke i talet. Dei fleste meldingane gjaldt kjæledyr, men ein fekk òg mange meldingar om hestar og produksjonsdyr. Meldingane frå publikum er eit viktig grunnlag for kunnskap om dyrehald som treng tilsyn.
Samla tap av sau på utmarksbeite er redusert frå 6 pst. i 2013 til omkring 5 pst. dei siste 5 åra. Tal erstatta sau på grunn av rovviltangrep var òg i 2019 på om lag 17 500, som er på nivå med siste fire åra. Dette er det lågaste nivået sidan 1990-talet. Tal erstatta rein har variert omkring 20 000 i fleire år, men blei redusert til om lag 17 800 i 2019. Det er framleis fleire område med store tap av sau og rein.
Fiskevelferd
Det er framleis for mange fisk som døyr i norsk oppdrettsnæring. Dette gjeld både laksefisk og reinsefisk. Når det gjeld laksefisk er talet i prosent noko redusert samanlikna med 2018. Tilsynskampanjen Mattilsynet gjennomførte i 2018 avdekte at næringa i for liten grad har kontroll over reinsefisken og at for mykje reinsefisk døyr.
Tiltak mot lakselus er framleis den viktigaste årsaka til redusert velferd i fiskeoppdrett. Mattilsynet hadde i 2019 dialog med næringa etter ei risikovurdering av termisk avlusing. Det blei varsla at metoden skal fasast ut i løpet av to år dersom ikkje ny kunnskap tilseier at metoden kan brukast på ein måte som sikrar forsvarleg fiskevelferd.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mange verksemder er framleis ikkje gode nok til å følgje krava til merking. Ulovlege medisinske påstandar blir nytta på ein del kosttilskott. Mange forbrukarar opplever biverknader ved bruk av kosmetikk- og kroppspleieprodukt. Det er óg utfordringar med matsvindel på stadig fleire område.
Forbrukarane er avhengige av rett merking for å kunne ta informerte val. For allergikarar kan det vere livsviktig at merking er korrekt og tilstrekkeleg. Sporing er ein føresetnad for trygg mat, og tilsyn viser at regelverket på desse områda ikkje alltid blir følgt.
Førekomsten av genmodifisert mat og fôr på den norske marknaden er stabilt låg. Det er ikkje godkjend genmodifisert mat, fôr eller såvarer i Noreg per i dag.
Det finst mange ulike former for matsvindel. Døme på dette er forfalsking av attestar, falsk opphavsmerking, bruk av ulovlege medisinar i produksjonsdyr, fiktive firma, bruk av ulovlege tilsetjingsstoff for å dekkje over dårleg kvalitet, bruk av ulovlege plantevernmiddel og at produkt feilaktig blir oppgitt som økologiske. Mattilsynet har i løpet av året delteke på meir enn 100 sams kontrollar med andre etatar og fleire A-krim-aksjonar i tillegg til eigne aksjonar. Dette har resultert i fleire omsetjingsforbod, beslag og stengingar. Det er sett i gang eit nordisk arbeid som skal resultere i ei sams nordisk trugselvurdering om matsvindel. Resultata av trugselvurderinga vil vere eit viktig bidrag til prioritering og risikobasering av tilsyn for å avdekkje matsvindel.
Målet om å vareta miljøvenleg produksjon
Samfunnsoppdraget til Mattilsynet støttar opp under fire av FN sine 17 mål for berekraft og er knytt til minst seks andre. Her blir økologisk produksjon, overføring av sjukdom frå oppdrettsfisk til villfisk, bruk av medisinar som kan føre til resistens og bruk av gjødselvarer og plantevernmiddel omtalt.
Økologiregelverket set krav til økologisk produksjon som må tilfredsstillast for å kunne merke med økologiske produkt. Krava omfattar forbrukartillit, plante-, dyre- og fiskehelse i tillegg til dyre- og fiskevelverd dessutan miljø. Kontrollsystemet for økologisk produksjon fungerer i hovudsak tilfredsstillande, men det er behov for forbetringar på nokre område. Mattilsynet har delegert myndigheit til å føre tilsyn med produksjon og omsetjing etter økologiregelverket til Debio, som fører tilsyn med alle verksemdene som er med i kontrollordninga. ESA gjennomførte i 2018 ein revisjon av oppfølginga av økologiregelverket. Oppfølging av avvik har ført til betre rutinar for samarbeid mellom Mattilsynet og Debio, og systema for handsaming av avvik og risikovurdering av verksemdene er fornya.
Noreg har få smittsame sjukdommar på landdyr, allmenn god dyrehelse og gode system for bruk av antimikrobielle middel. Dette gjer at vi framleis har ein gunstig resistenssituasjon samanlikna med mange andre land. Sjølv om det er utfordringar med sjukdom hos oppdrettsfisk, er bruken av antibiotika framleis låg.
Noreg og EU arbeider med endringar i gjødselregelverket for å leggje til rette for den sirkulære økonomien, samtidig som helse- og miljøomsyn blir teke i vare.
Av plantevernmiddel blei det omsett same mengd aktivt stoff som i 2018. Helserisikoen er uendra, mens miljørisikoen auka 4 pst. i 2019, men er lågare enn i 2017. Erfaringar frå tilsyn viser at importørar og dei som brukar plantevernmiddel må bli betre til å etterleve reglane.
Resultat av meir generell karakter
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling
Regelverket er eit viktig verkemiddel for Mattilsynet i arbeidet med å oppfylle samfunnsoppdraget.
Det er ei stadig utvikling og modernisering av mat- og veterinærregelverket i EU. Gjennom EØS-avtalen blir dette regelverket òg gjeldande for Noreg. Mattilsynet bidreg inn i EUs regelverksarbeid og tek vare på norske omsyn.
Mattilsynet deltok på 180 møte i EU. Til saman var det færre møte i EU i 2019 enn i 2018, noko som kan ha samanheng med etablering av nytt EU-parlament og ny EU-kommisjon hausten 2019.
Marknadstilgang
Noreg eksporterte 2,7 mill. tonn sjømat for 107 mrd. kroner i 2019. Eksporten av andre varer er liten, men norske avlsprodukt frå storfé og svin er etterspurt i utlandet. Mattilsynet spelar ei viktig rolle for norsk tilgang til marknader utanfor EØS-området, og har dei siste åra særleg prioritert Kina og Brasil.
Mattilsynet skreiv ut vel 63 000 attestar for sjømat og 6138 attestar for landbaserte produkt og dyr i 2019.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Mattilsynet si tilsynsverksemd skal medverke til at regelverket blir følgt. God dialog ved tilsynsbesøk er viktig for å gjere det enklare for verksemdene og enkeltpersonane å gjere rett, og for å skape tillit til myndigheitsutøvinga. Rettleiing får ein viktigare plass, samtidig som brott på regelverket skal følgjast opp med tenlege verkemiddel. Meir standardiserte metodar skal sikre meir einskapleg handsaming i heile landet.
Våren 2019 blei det avdekt alvorlege avvik i utøvinga av tilsyn og i kvaliteten på tilsynsrapportane til Mattilsynet. Det blei utvikla ei tiltakspakke for å betre kvaliteten på gjennomføringa av tilsyn, og å bidra til meir einskapleg forvaltning og betre kommunikasjon med verksemdene Mattilsynet fører tilsyn med.
Hausten 2019 fekk Mattilsynet resultata frå ei ekstern gransking gjennomført av KPMG på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Rapporten viste fleire alvorlege svakheiter i systema til Mattilsynet og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn. Mattilsynet arbeider no systematisk med forbetringstiltak på områda granskinga tok opp.
Mattilsynet overvaker og kartlegg status og utvikling for sjukdom, smittestoff, skadegjerarar, framandstoff og tilsetjingsstoff som kan oppstå i matkjeda. Mange av programma varetar krava til EU om dokumentasjon, men Mattilsynet prioriterer og tilpassar òg programma så dei skal fange opp det aktuelle risikobiletet. Mattilsynet kjøpte analysetenester til overvakings- og kartleggingsprogram for om lag 105 mill. kroner frå kunnskapsinstitusjonar og andre laboratorium. 70 program blei gjennomførde.
Mattilsynet informerer, rettleier og søkjer dialog med verksemder, næringar og interessentar. Dette medverkar til at det skal vere enklare å følgje regelverket.
Arbeidet med å utvikle digitale verktøy for kjøttkontroll går som planlagt. Det nye systemet for kjøttkontroll blei mellom anna basert på eksisterande «Utvida sjukdomsregistrering» som slakteria gjer. Det nye systemet blir teke i bruk i 2020.
Mattilsynet har hatt ein jamn auke i talet på klagesaker dei siste fem åra, særleg innan akvakultur og dyrevelferd. Mattilsynet tok i mot til saman 395 klagesaker og handsama 367 saker. Vedtak i førsteinstansen blei stadfesta i 76 pst. av sakene og omgjort i 21 pst. Klagen blei trekt eller avvist i 3 pst. av sakene. Om lag halvparten av klagesakene blei handsama innanfor normal sakshandsamingstid på tre månader. Likevel auka restansane med 15 pst. frå året før.
Mattilsynet melde til saman 76 saker til politiet mot 86 saker i 2018. Til saman 26 straffesaker er handsama av domstolane. 19 av sakene gjaldt dyrevelferd, tre gjaldt mattryggleik og tre gjaldt trugsmål/sjikane mot offentleg tenestemann. Det førte til fellande dom i 24 saker.
Mattilsynet handterte i alt 201 hendingar i 2019. Av desse hadde 33 høg og 112 middels alvorsgrad. I tillegg handterte nasjonal beredskapsvakt over 1000 meldingar utanom arbeidstid.
«Øvinga Kløver» (munn- og klauvsjuke) var ei nasjonal øving i tre delar, ein feltdel, ei varslingsøving med oppstartsrutinar og ei «table top-øving». Øvinga blei gjennomført i løpet av hausten.
Organisatoriske forhold
Mattilsynet sin strategi peikar på område for utvikling og endring av organisasjonen. Mattilsynet skal bli meir brukarorientert, datadriven og kunnskapsbasert. Mattilsynet sine utviklingsprosjekt skal gi verknad for brukarane gjennom digitale løysingar.
Mattilsynet starta i 2019 eit arbeid for å styrkje styringa av det operative tilsynet. Dette arbeidet er forsterka etter at rapporten frå den eksterne granskinga av forvaltningskvaliteten til Mattilsynet blei lagd fram.
Mattilsynet har eit stort endrings- og utviklingsbehov føre seg, både som følgje av svakheitene som er peikt på i granskingsrapporten og som følgje av dei store endringane som skjer i samfunnet.
Rett kompetanse på rett nivå er viktig for å kunne levere godt på samfunnsoppdraget. Mattilsynet treng å arbeide meir systematisk med kompetanseutvikling, og dette vil vere eit prioritert utviklingsområde for Mattilsynet framover.
Mattilsynet har ikkje komme langt nok i arbeidet med informasjonstryggleik og personvern. Dei ulike datasystema til Mattilsynet varetar ikkje i tilstrekkeleg grad krava om innebygd personvern. Arbeidet med å betre informasjonstryggleiken og personvernet vil halde fram i lang tid framover.
Etter revisjon av rekneskapen for 2018 hadde Riksrevisjonen merknad om manglar ved internkontrollen på gebyrområdet. Mattilsynet fekk òg merknad i Riksrevisjonen sin forvaltningsrevisjon på dyrevelferdsområdet om planlegging, gjennomføring og oppfølging av risikobasert tilsyn.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 366,5 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytte til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.
Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i alle internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt på utvalde område. Oppfølging av EUs «Farm to Fork»-strategi, ein del av den såkalla «European Green Deal», vil stå sentralt i EUs arbeid på matområdet framover. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet.
Mattilsynet skal òg bidra til å følgje opp dei internasjonale pliktene til rett tid, og at gjennomføringa i norsk rett skjer på ein mest mogleg formålstenleg og brukarvenleg måte.
Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Mattilsynet vil leggje vekt på å fremje desse omsyna når det deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU og i dei aktuelle internasjonale organisasjonane på matområdet.
Rettleiing, tilsyn og områdeovervaking
Rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneverksemda til Mattilsynet. Mattilsynet forvaltar eit omfattande regelverk, og det kan vere krevjande for verksemdene å ha oversikt over alle krava som gjeld. God kjennskap til regelverket er viktig for å kunne etterleve det. Mattilsynet vil difor leggje større vekt på god rettleiing til næringsutøvarane. Mattilsynet vil i den samanhengen leggje større vekt på å gjere brukarane kjende med regelverket og korleis Mattilsynet ventar at verksemdene følgjer opp. Dermed vil det òg bli tydelegare i kva situasjonar det kan komme reaksjonar frå Mattilsynet, og kva slags reaksjonar verksemdene kan vente frå Mattilsynet dersom dei bryt reglane.
Det vil òg bli lagt vekt på andre tiltak for å forbetre kvaliteten på utøvinga av tilsynsfunksjonen, mellom anna som oppfølging av den eksterne granskinga av Mattilsynet hausten 2019, jf. omtale under kategori 15.10.
Mattilsynet har i 2019 utarbeidd ein ny strategi fram mot 2025 med sikte på å bli stadig meir brukaorientert og kunnskapsbasert og i større grad nytte data i arbeidet.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og aktuell risiko skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møte med verksemdene og samstundes ta vare på omsynet til lik handsaming. Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for å kjenne til og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at regelverket blir etterlevd.
Som eit ledd i arbeidet for å bli meir effektivt og synleg legg Mattilsynet vekt på å ha målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsyn i serveringsverksemder er eit døme på dette.
Dei nye forskriftene om offentleg kontroll på matområdet som blei fastset våren 2020, dannar grunnlag for planlegging og gjennomføring av tilsyn og kontroll. Regelverket krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Ifølgje regelverket skal tilsynet vere risikobasert og skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytte til risiko for helsa til folk, planter og dyr, til dømes at merking av mat ikkje villeier forbrukarane. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektive tilsyn.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at arbeidet blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som er knytte til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet.
Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Arbeidet med å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev at verksemdene har kontinuerleg merksemd i tillegg til aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på at verksemdene sjølve har ansvar for å etterleve krava og ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.
Tilsyn med at vassforsyningsverksemdene og kommunane følgjer opp krava i drikkevassforskrifta, er viktig for å sikre trygg vassforsyning til innbyggjarane. Dette er i samsvar med gjennomføringsplanen for nasjonale mål for vatn og helse, som blei fastsett av regjeringa i 2014, og FNs berekraftmål 6. Mattilsynet skal delta i dette arbeidet i samsvar med Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga. Mattilsynet skal dessutan delta i arbeidet med rullering av vassforvaltningsplanane med sikte på at nasjonale føringar på drikkevassområdet blir følgde opp.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å utvikle nytt regelverk og nye tilsynsmetodar som kan bidra til å skape tryggare forhold ved import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Det er viktig å ha gode tiltak og rutinar hos næringsaktørane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk er viktig. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdommar som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar).
Det er viktig å overvake og halde fram med tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald på eit lågt nivå. Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med overvaking, sanering og smitteførebyggjande tiltak mot LA-MRSA (dyre-assosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus-bakteriar) i svinebesetningar.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet mot skrantesjuke (Chronic Wasting Disease). Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny reinsdyrflokk i Nordfjella. Tiltaka er òg av stor verdi for å hindre spreiing av smitte til ville hjortedyr og tamrein, slik at ein kan ta vare på næringsgrunnlaget til dei som utøver reindrift. God dokumentasjon av tilstanden i Noreg er òg viktig for at eventuelle vernetiltak frå EU ikkje blir meir inngripande og kostnadskrevjande enn det er fagleg grunnlag for.
Spreiinga av afrikansk svinepest er urovekkjande. Mattilsynet vil ta del i arbeidet med å følgje opp ein handlingsplan mot villsvin i Noreg og ha merksemd på tiltak som kan redusere smitterisikoen til produksjonsdyr.
Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse og -velferd, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og kampen mot sjukdommane PD og ILA. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved større produksjon i havbruksnæringa. Mattilsynet vil òg bidra til å følgje opp Meld. St. 16 (2014–2015) Forutsigbar og miljømessig bærekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd. Mattilsynet vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.
Mattilsynet vil samarbeide med politiet om å gjennomføre prosjekta med dyrepoliti i politidistrikta Trøndelag, Sør-Vest og Aust og i tilsvarande prosjekt i politidistrikta Vest, Innlandet og Troms. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg omsorgssvikt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til ei eventuell straffesak og domfelling.
Mattilsynet vil ha auka merksemd på risikobasert tilsyn med dyrevelferd hos gris i heile landet. Svinehald i næring er omfatta av dyrevelferdsprogram for svin utarbeidd av Animalia i samarbeid med næringa og kjøttbransjen. Deltaking i progammet blei obligatorisk gjennom forskrift for hald av svin som blei fastsatt 10. juni 2020. Programmet inneber eit tettare samarbeid mellom produsentar og veterinærar for å sikre god dyrevelferd, og gode rutinar og dokumentasjon av dyrehaldet.
Mattilsynet vil føre vidare den gode samhandlinga med miljøstyresmaktene ved tap på grunn av rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet med fiskevelferd, spesielt i samband med tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil òg ha merksemd på å halde oppe god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye behandlingsmetodar og produksjonsformer.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og heiderleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon mellom anna om eigenskapane til maten.
Mattilsynet har òg viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar, frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelhòlet) og arbeid med Matvaretabellen. Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) har tiltak på ansvarsområda til sju departement. Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med oppfølginga av planen. Mattilsynet har ansvar for å følgje opp enkelte tiltak i handlingsplanen, mellom anna knytt til trygg mat og merking av matvarer og oversikt over næringsinnhaldet i matvarer.
Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest å vere størst i fôrvarer.
Mattilsynet vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.
Målet om å vareta miljøvenleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at formålet i matlova om å vareta miljøvenleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for ein miljøvenleg produksjon og verkar òg inn på kvaliteten på maten.
Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. Mattilsynet vil følgje opp aktuelle tiltak relatert til planen og følgje utviklinga av regelverket i EU tett.
Marknadstilgang
Mattilsynet har ei viktig rolle i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt, og godt samarbeid med matstyresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.
Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett ei ny mateksportforskrift som skal regulere eksport av all norsk mat til land utanfor EØS. Forskrifta trådte i kraft 15. juli 2020. Majoriteten av sertifikata som Mattilsynet utsteder gjeld eksport av sjømat, og forskrifta vil difor vere spesielt viktig for sjømatnæringa. Forskrifta samlar krav og retningsliner for eksport av mat på ein plass, og medverkar til eit meir forutsigbart og effektivt system for eksportsertifikat. Mattilsynet vil arbeide vidare med andre moglege tiltak for å effektivisere sertifikatarbeidet, under dette utviding av opningstid for sertifikatutsteding.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell, og vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr er eit viktig verkemiddel i overvakinga av bruken av antibiotika til dyr og korleis veterinærane føreskriv medisin.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13,3 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Post 71 Tilskott til erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har gitt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 om hjelpeplikt, og til veterinærar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrehelsepersonellova § 14 om naudhjelp. På posten vil det òg bli ført utbetalingar for tiltak som er sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå ein eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Gebyr m.m. | 204 602 | 199 828 | 199 423 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.m. | 12 293 | 5 962 | 6 080 |
Sum kap. 4115 | 216 895 | 205 790 | 205 503 |
Post 01 Gebyr m.m.
På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar, og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Ved budsjetteringa er det lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, og oppgåver knytte til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 227 909 | 233 816 | 239 706 | 2,5 |
1137 | Forsking og innovasjon | 601 259 | 606 984 | 599 533 | -1,2 |
Sum kategori 15.20 | 829 168 | 840 800 | 839 239 | -0,2 |
Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 18 081 | 18 533 | 19 052 | 2,8 |
Sum kategori 15.20 | 18 081 | 18 533 | 19 052 | 2,8 |
Mål og strategiar
Nasjonale og internasjonale utviklingstrekk, som folkeauke, klimaendringar og behovet for omstilling, påverkar forskingsprioriteringane på landbruks- og matområdet. Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
For å nå måla legg departementet vekt på målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon. Vidare er det viktig at kunnskap og kompetanse er lett tilgjengeleg for næring og forvaltning. I tillegg er ein effektiv og sterk instituttsektor i samspel med andre viktig for ei god, forskingsbasert forvaltning.
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Midlar til forsking og innovasjon skal vere målretta for at ny kunnskap bidreg til å nå dei landbruks- og matpolitiske måla slik dei går fram av relevante meldingar og strategiar.
Landbruket rår over eit stort ressursgrunnlag. Det gir potensial for vekst og verdiskaping i heile verdikjeda, frå primærledd til forbrukar. Regjeringa har som mål å leggje til rette for produksjon av nok og trygg mat, samstundes som klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast i tråd med klimaavtalen mellom staten og jordbruket. Forskings- og innovasjonsaktivitet er viktig for å auke matproduksjonen, og for å styrkje konkurransekrafta i landbruket og tilhøyrande industri på ein berekraftig måte. Eit framtidsretta landbruk krev kunnskap og teknologi som bidreg til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap om korleis matproduksjonen blir påverka av og best kan tilpassast til eit endra klima. Ny kunnskap, mellom anna innan avls- og foredlingsarbeid, er òg avgjerande for å halde ved lag den gode plante- og dyrehelsa og sikre god dyrevelferd i Noreg. I tillegg legg regjeringa vekt på å halde oppe innsatsen mot antibiotikaresistens, eit behov som mellom anna er stadfesta i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens (2015–2020). Den tverrsektorielle strategien er ført vidare i ny strategi frå 2021, og det vil òg bli utarbeidd ein ny Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar.
I Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 er det stadfesta at regjeringa legg vekt på forsking som kan bidra til grøn omstilling, konkurransekraft og innovasjonsevne, i tillegg til kunnskap som kan bidra til å møte dei store samfunnsutfordringane. Prioriteringane i langtidsplanen reflekterer Noregs tilslutning til Parisavtalen og FNs Agenda 2030, og generelle utviklingstrekk som teknologiske endringar, auka digitalisering og globalisering. Prop. 1 S (2020–2021) frå Kunnskapsdepartementet gir ei nærare omtale av dette. Landbruks- og matforskinga skal bidra til å nå måla i langtidsplanen gjennom å utvikle vidare ein berekraftig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor, auka verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar. Tett samarbeid mellom næring og forskingsmiljø, både nasjonalt og internasjonalt, vil vere ein viktig del av dette.
Dei utfordringane og kunnskapsbehova sektoren står overfor, er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles. Noreg har dessutan gode føresetnader for å bidra til ein global kunnskapsdugnad på område som berekraftig matproduksjon, klimarobuste produksjonsmetodar, mattryggleik og dyrehelse. I handlingsplanen for berekraftige matsystem i norsk utanriks- og utviklingspolitikk 2019–2023, Mat, mennesker og miljø, blir det slått fast at norsk utviklingspolitikk skal vere kunnskapsbasert. Planen viser òg til at Noreg har mange sterke fagmiljø som kan bidra til å sikre at matprodusentar i utviklingsland får tilgang på relevant kunnskap, og til at det blir etablert samarbeid på tvers av landegrenser. Dei landbruks- og matfaglege kunnskapsmiljøa bidreg allereie i den internasjonale kunnskapsbygginga gjennom etablert samarbeid med forskingsinstitusjonar i Asia og Afrika.
Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er naudsynt for å bidra til høg kvalitet på forskinga, fornye norsk forsking og få tilgang til eit større nettverk og meir infrastruktur. Ambisjonar om suksess krev omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar, mellom anna EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. I 2021 startar det nye rammeprogrammet Horisont Europa, med store moglegheiter for norske landbruks- og matforskingsmiljø, inkludert bedrifter. Norsk deltaking i Horisont Europa føreset tilslutning frå Stortinget. I Horisont Europa blir det òg introdusert ein ny aktivitet: «missions», som er overordna samfunnsoppdrag som skal vere målbare og tidsavgrensa. Eit av desse oppdraga, det innan jordhelse og mat, vil vere særskild relevant for landbruket. Regjeringa sin Panorama-strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020), som er under revidering, legg òg eit viktig grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.
Kunnskap er berebjelken i bioøkonomien, der dei mange biologiske ressursane frå landbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri blir produserte og utnytta meir berekraftig og effektivt. I tråd med bioøkonomistrategien til regjeringa skal forskingsinnsatsen innan bioøkonomi bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar. Dei overordna føringane i bioøkonomistrategien blir følgt opp og konkretisert i ein sams handlingsplan frå verkemiddelapparatet (Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Selskapet for industrivekst). Planen, som blei lagt fram i februar 2020, legg mellom anna vekt på å forenkle overgangen mellom dei ulike verkemidla.
Bioøkonomien og skogen si rolle i klimasamanheng har òg ein sentral plass i strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling. Strategien viser til ulike innsatsområde, under dette forskings- og innovasjonsaktivitet, for at skog- og trenæringa skal kunne gi auka bidrag til samla verdiskaping og grøn omstilling gjennom produktutvikling og større omsetnad i marknadene. God samhandling mellom ulike aktørar står sentralt i strategien. Som eit ledd i oppfølginga, har Landbruks- og matdepartementet etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar.
Regjeringa har dessutan utarbeidd ein nasjonal strategi for å sikre eit mangfald av villbier og andre pollinerande insekt òg i framtida. Nasjonal pollinatorstrategi viser mellom anna til at sjølv om det finst nok kunnskap til å setje i verk målretta tiltak, trengst det òg meir kunnskap om til dømes utviklinga av pollinatorbestandar og leveområde, og kva for tiltak som er mest effektive. Også Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018–2030 dannar grunnlag for prioriteringane innan landbruks- og matforskinga, jf. omtale i del IV i denne proposisjonen.
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Primærlandbruket og industrien som foredlar mat og fiber er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Det stiller høge krav til kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. God rekruttering til landbruks- og matfagleg utdanning på alle nivå frå vidaregåande skule til master- og doktorgradsutdanning er viktig for å få kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk. I tillegg til tilbod gjennom det ordinære utdanningssystemet bør det òg leggjast til rette for livslang læring, mellom anna ved fleksible etter- og vidareutdanningstilbod. Det gjeld både for dei som er i næringa, og dei som ønskjer å gå inn i næringa.
Rekruttering av rett kompetanse av høg kvalitet er òg viktig i heile verdikjeda for mat. Den omfattar òg matindustrien, institusjonar, restaurantar og reiseliv. Dei siste åra har det vore ein nedgang i rekruttering til matfaga i vidaregåande skule. Samstundes står matindustrien overfor eit generasjonsskifte, og det blir rapportert om mangel på kokkar. Regjeringa har difor sett ned eit rådgivande utval som har fått i oppgåve å identifisere moglege tiltak for å auke den langsiktige rekrutteringa til mat- og måltidsbransjen.
Landbruks- og matsektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø om kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Det gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at forskinga er relevant, og at ny kunnskap kjem til nytte. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Det vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Ikkje minst vil ei vidareutvikling av bioøkonomien, der eitt av fortrinna til Noreg ligg i eit tett samarbeid mellom blå og grøn sektor, krevje samarbeid på tvers av fagområde og ulike næringar.
Ei målretta politikkutforming for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Forskingsbasert kunnskap bør i størst mogleg grad liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om rolla til landbruket, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking vil òg gi meir kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.
For at kunnskapen skal nå ut til næringsaktørar, rådgivarar og andre som kan ha nytte av den, må ein sikre ei rask og effektiv formidling av resultata frå landbruks- og matforskinga.
Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Forskingsinstitutta i sektoren må vere kostnadseffektive og bruke ressursane til kunnskapsbehova som er strategisk viktige for sektoren framover. I den samanheng er det viktig å ha god dialog med både næring og forvaltning om prioriteringar. Institutta må arbeide for forsking av høg kvalitet og relevans, eit godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for høg kvalitet i forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for at kunnskapen bidreg til berekraft og næringsutvikling i sektoren. Veterinærinstituttet (VI) har biomedisinsk kompetanse som må nyttast mest mogleg effektivt for å fremje høg beredskap, god dyrehelse og gode råd til forvaltninga. VI skal òg bidra til næringsutvikling og konkurranseevne, både i blå og grøn sektor.
Departementet ventar at NIBIO og VI samarbeider der det er mogleg, med sikte på å hente ut faglege og administrative synergiar for begge institutta.
Flyttinga av veterinærmiljøa frå Oslo til Ås vil danne grunnlag for eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon. Med dette blir Campus Ås samla sett viktigare enn nokon gong for utvikling av både eksisterande og nye næringar.
Departementet legg òg til grunn at den sams lokaliseringa av NIBIO, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) og VI på Ås skal bidra til eit endå betre samarbeid mellom desse miljøa og Nofima AS. Nofima AS har kompetanse som er sentral for å utvikle vidare og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima AS viktig for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet.
Departementet vil føre vidare arbeidet med å utvikle fagleg sterke og økonomisk effektive forskingsinstitutt og bidra til eit godt samarbeid mellom miljøa innanfor landbruks- og matforskinga og andre relevante samarbeidspartnarar.
Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi | 227 909 | 233 816 | 239 706 |
Sum kap. 1136 | 227 909 | 233 816 | 239 706 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi
Formål med løyvinga
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt og Noregs største tverrfaglege forskingsinstitutt innanfor landbruk og miljø. Det skal levere forsking, forvaltningsstøtte og kunnskap for å bidra til god oppnåing av måla for landbrukspolitikken og til eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforming. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping i verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar. Verksemda har hovudkontor på Ås og er representert på 15 stader i alle landsdelar. NIBIO skal vere nasjonalt leiande i arbeidet med å utvikle kunnskap om bioøkonomi. Frå hausten 2020 vil departementet utvikle etatsstyringa av NIBIO vidare i tråd med prinsippa om mål og resultatstyring i staten. Formålet er å styrkje resultatoppnåinga for både næring og forvaltning og fremje ein meir effektiv ressursbruk. Arbeidet vil bli gjennomført i nært samarbeid med verksemda.
Midlane over posten skal nyttast til kunnskapsutvikling, fagleg beredskap, utvikling av kompetanse, analyse og dokumentasjon og formidling av kunnskap på desse områda:
mat- og planteproduksjon
beredskap, plantehelse og mattryggleik
skog og utmark
areal- og genressursar
kart og geodata
føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
Rapportering 2019
I 2019 har NIBIO prøvd ut ei lang rekkje jord- og hagebrukssortar med sikte på tilpassing til norske klima- og produksjonsforhold. Dette inkluderer særleg korn, men òg frukt og bær. Auka temperatur som følgje av klimaendringar bidreg til å utvide vekstsesongen og til at det er mogleg å dyrke ei rekkje nye artar i Noreg. Mellom anna har fleire vekstar med høgt proteininnhald blitt prøvd ut. Vidare har arktisk landbruk vore eit satsingsområde, spesielt produksjon av grønsaker og bær. NIBIO har utvikla ny og viktig kunnskap om berekraftig intensivering av matproduksjonen, særleg rett gjødsling. Dette er viktig både for miljøet, avlingskvalitet og for bonden sin økonomi. Instituttet har vidare eit omfattande samarbeid med Mattilsynet for å fremje berekraftig bruk av plantevernmiddel.
Under temaet mat- og planteproduksjon har biologisk mangfald vore eit viktig område, mellom anna å utvikle ny kunnskap for best mogleg å balansere arealbruk og omsyn til naturen. NIBIO har oppnådd gode resultat om karbonbinding i landbruksjord som eit klimatiltak. Dette er viktig for at landbruket skal vareta sine forpliktingar på området. Instituttet har bidrege med analysar for KLIMAKUR 2030 om potensialet for å redusere klimagassutslepp, kostnader, og tiltak. Andre prioriterte område har mellom anna vore kunnskapsutvikling for auka resirkulering av organisk avfall i landbruket, i tillegg til utvikling av hydrologiske tiltak for å redusere avrenning og tap av næringsstoff.
NIBIO har gjennomført eit omfattande arbeid for å sikre friskt plantemateriale til landbruket. Det har vore eit godt samarbeid med produsentar av frukt, grønt og bær for å kartleggje planteskadegjerarar og for å gjennomføre førebyggjande tiltak. Instituttet formidlar kunnskap til produsentane på ulike digitale plattformer for å fremje godt plantevern. I samarbeid med Mattilsynet har NIBIO bidrege til å hindre at nye skadegjerarar etablerer seg i Noreg. På oppdrag frå Mattilsynet har verksemda òg analysert prøver av importert og norskprodusert mat for restar av plantevernmiddel. Siktemålet er å ha ein effektiv matvarekontroll og trygg mat som hindrar at grenseverdiane for restar av plantevernmiddel ikkje blir overskridne.
Instituttet er landets leiande skogforskingsmiljø. Instituttet har hatt ei omfattande formidling av fagstoff og forskingsbasert kunnskap knytt til bruk av tre. Verksemda har hatt eit vesentleg arbeid med framskrivingar av skog- og arealbrukssektoren i klimaavtaleverket, og utgreiing av tiltak for å ta ut skogen sitt potensial i klimasamanheng. Arbeidet med miljøregistreringar i skog og Landsskogtakseringa har blitt ført vidare. Andre viktige innsatsområde har vore auka bruk av bioenergi i tillegg til kunnskapsutvikling og rådgiving når det gjeld produksjon av joletre. Instituttet har ei viktig oppgåve innanfor beredskap knytt til skogskadar og skogskadeovervaking. Dei siste åra har instituttet registrert auka omfang av skogskadar knytt til tørke og skadegjerarar, og tiltak for klimatilpassing av skogproduksjonen har vore eit innsatsområde. Instituttet bidreg òg med råd til offentleg og privat skogforvaltning. NIBIO har eit aktivt engasjement i internasjonalt skogsamarbeid og deltek i ei rekkje internasjonale forum.
NIBIO har ei viktig oppgåve i å kartleggje og informere om arealressursane i landbruket, og forvaltar kart som viser arealbruken i reindrifta for Landbruksdirektoratet. Dette bidreg til betre arealforvaltning og ressursutnytting. Etter kartlegging i sju kommunar i 2019 er jordsmonnet på 54 pst. av det dyrka arealet her i landet kartlagt. Instituttet har òg kartlagt beiteressursar og beitebruk i utmark, ført arealregnskap for utmark og utført landskaps- og kulturminneovervaking.
NIBIO har medverka til ei effektiv og berekraftig forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og følgjer opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar for husdyr, nytteplanter og skogtre. Instituttet har rapportert data til internasjonale, europeiske og nordiske samarbeidsorgan som Noreg er medlem av. Dette er statusrapport til FAO om implementeringa av den globale handlingsplanen for husdyrgenetiske ressursar, og oppdatering av databasen til det europeiske nettverket EUFGIS om skoggregenetiske ressursar. Nasjonalt er det arbeidd vidare med bevaringsplan, fagavtalar og registre for genetiske ressursar i landbruket, det er og gitt ut ein nøkkeltalrapport som viser status for genressursane per 2018.
Ei viktig oppgåve for NIBIO er å halde vedlike arealressurskartet AR5. Dette er eit nasjonalt kart som skildrar tilstanden for arealressursane knytte til jord- og skogbruk. I 2019 blei det utført oppdatering av kartverket i 68 kommunar. Karta og statistikken frå dei er sentrale verktøy i offentleg forvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiingar og næringsutvikling. Gode kart bidreg til ei effektiv forvaltning, og til god kontroll av arealtilskott i landbruket.
Instituttet har gjennomført ei evaluering av endringar i den offentlege forvaltninga av reindrift, og leverte i 2019 ein rapport som er lagt til grunn for departementet si vidare oppfølging. Instituttet fekk òg i oppgåve å lage eit kunnskapsgrunnlag for gjennomføring av obligatorisk individmerking i reindriftsnæringa. Rapporten skal vere ferdig i 2020.
NIBIO har eit særskild ansvar for økonomisk statistikk, utgreiing og forsking som famnar både eit samfunnsøkonomisk og eit foretaksøkonomisk perspektiv på landbruket. Statistikken blir nytta i ei rad prosessar i forvaltninga og næringa, til dømes i jordbruksforhandlingane. NIBIO utfører i tillegg ulike utgreiingsprosjekt der mellom anna Landbruks- og matdepartementet er oppdragsgivar. Utgreiingane og formidlinga, òg for naturfaglege og landbruksfaglege tema, blir sett inn eit samfunnsmessig perspektiv. Dette er naudsynt for å handtere ei rekkje aktuelle problemstillingar som til dømes sirkulærøkonomi, klima- og beredskapsspørsmål i tillegg til forståing av verdikjedene for mat og andre landbruksprodukt. Den samfunnsvitskaplege verksemda styrkjer såleis relevansen av kunnskapsproduksjonen og formidlinga frå instituttet. Dette utgjer grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med verdi for produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, produksjonar knytte til landbruk, og landbruket sin rolle i bygdesamfunnet.
NIBIO utarbeider grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket og er sekretariat for nemnda etter avtale med departementet. Totalkalkylen for jordbruket, inkludert normaliserte rekneskap, viser totalverdiane som blir skapt i norsk jordbruk ved utnytting av jordbruket sine produksjonsfaktorar. Dei normaliserte rekneskap i Totalkalkylen blir lagde til grunn i jordbruksforhandlingane ved vurdering av inntektsutviklinga. Totalkalkylen er den viktigaste kjelda ved rapportering av Economic Accounts for Agriculture til Eurostat, der NIBIO er ansvarleg for rapporteringa frå Noreg som er lovpålagt gjennom EØS-avtalen.
Statistikken Driftsgranskingar i jord- og skogbruk gir årleg status for inntekter, kostnader, investeringar og arbeidsinnsats, og dannar grunnlag for å evaluere verknaden av både politiske avgjerder og andre rammevilkår på gardsnivå for ulike driftsformer i landbruket. I tillegg til å vere kjelde for informasjon til politiske aktørar og forvaltninga, blir statistikken òg nytta av mange andre samfunnsaktørar. Det er òg allmenn interesse for inntektsutviklinga i landbruket, og statistikken blir ofte nytta av media. Kursverksemd innan driftsøkonomisk rettleiing og styring styrkjer den driftsøkonomiske kompetansen innan sektoren.
I 2019 har NIBIO jobba med å identifisere utfordringar og moglegheiter for å styrkje økonomi- og samfunnsfaga si stilling internt og eksternt. Internt har det vore gjort ei omstrukturering for å betre samhandlinga og auke konkurransekrafta i prosjekt- og oppdragsmarknaden.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 239,7 mill. kroner til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO.
Desse områda har særleg prioritet:
Mat og planteproduksjon
Løyvinga skal bidra til auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold i Noreg. I dette ligg òg utvikling av kunnskap for å fremje økologisk produksjon. Det skal dokumenterast korleis endringar i klima og dyrkingsmetodar verkar på erosjon, forureining, biologisk mangfald og genetiske ressursar. Vidare skal innsatsen for å utvikle eit berekraftig jordbruk òg ha høg prioritet. Mellom anna skal det utviklast kunnskap som kan gi redusert bruk av kjemiske plantevernmiddel og meir bruk av alternative metodar. NIBIO skal utvikle vidare kunnskap som skal bidra til auka bruk av norske fôrressursar.
NIBIO skal òg utvikle kunnskap som kan bidra til redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Det er behov for kunnskap om verknader av plantevernmiddel under norske forhold, og instituttet skal bidra med kunnskap som styrkjer grunnlaget for vurdering av plantevernmiddel. Løyvinga skal òg bidra til å få fram effektive verkemiddel frå forvaltninga si side, slik at dei politiske måla for norsk jord- og skogbruk, inkludert klimapolitiske mål kan bli nådde. Løyvinga skal bidra til å auke kompetansen om omfang og konsekvensar av klimagassutslepp frå landbruket og potensialet for opptak av CO2 og lagring av karbon i jord og skog.
Beredskap, plantehelse og mattryggleik
NIBIO skal prioritere kunnskap om planteskadegjerarar og ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar den gode plantehelsa i Noreg. Beredskapen skal bidra til ein høg og robust nasjonal mat- og fôrproduksjon. Vidare skal løyvinga bidra til beredskap og kompetanse om verkemåtar og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter som er potensielt skadelege. I det ligg mellom anna at NIBIO skal ha kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium for restar av plantevernmiddel og for planteskadegjerarar.
Skog og utmark
NIBIO skal halde fram med å utvikle kunnskap om klimaendringar og klimatilpassingar innanfor skogbruk, jordbruk og arealbruk. Kunnskapen skal gi grunnlag for å utvikle effektive tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og vise økonomiske konsekvensar av tiltaka. Oppgåvene knytte til klima inkluderer òg rapporteringar og utrekningar innanfor klimarammeverket for skog- og arealsektoren i avtalen med EU om sams oppfylling av klimamålet for 2030.
Landsskogtakseringa, som gir oversikt over skogressursane i Noreg, skal framleis ha høg prioritet. Det same gjeld FoU-arbeid knytt til miljøregistreringar i skog og utvikling av skogbruksplanlegginga.
Arbeidet med å utvikle den nettbaserte kartløysinga Skogportalen vil bli ført vidare. Kartløysinga er tilgjengeleg for innsyn, og gir ressurs- og miljøinformasjon for drift og forvaltning, og står sentralt i den kunnskapsbaserte skogforvaltninga. Her finst kartfesta informasjon om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar. NIBIO har òg i oppgåve å halde dokumentet Bærekraftig skogbruk i Norge oppdatert.
Langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag skal framleis bli prioritert. Feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga og bidreg til eit berekraftig skogbruk og kunnskap om kva rolle skogen har i klimapolitikken. Det er framleis naudsynt å etablere nye langsiktige forsøksfelt for skogproduksjonsforsking. NIBIO skal delta i internasjonalt samarbeid om skog og ha ansvaret for internasjonal rapportering på området.
Høg beredskap for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase er viktig, både for å hindre at nye skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg, og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie har etablert seg. Stortinget har oppmoda regjeringa om å arbeide for tilstrekkelege beredskapsplanar i skogbruket. NIBIO skal bidra med relevant kunnskapsutvikling på dette området.
Arbeidet knytt til berekraftig forvaltning og bruk av utmarksressursar og næringsutvikling skal førast vidare. Tiltak som byggjer opp under departementet sitt arbeid med haustbare viltressursar, turisme og lokalmatsatsing er ein viktig del av dette.
Areal- og genressursar
Vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet AR5, Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark er framleis prioriterte oppgåver. I dette arbeidet inngår mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet og kulturminne, kartlegging av jordsmonn og eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar. Vidare inngår vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. NIBIO vil òg få i oppgåve å føre vidare arbeidet med statistikk om utmarks- og landbrukseigedommar, til dømes ved å knyte data frå organisert beitebruk, vegetasjonskart og arealregnskap for utmark til eigedommane.
For norsk landbruk er det viktig å sikre at produsentane i framtida har eit tilstrekkeleg genetisk mangfald å hauste av når mat og andre landbruksprodukt skal produserast. I den samanhengen skal NIBIO bidra med kunnskap for ei effektiv forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og følgje opp den nye nasjonale strategien for genressursar. NIBIO vil overvake statusen til nasjonale genressursar og rapportere i saker som gjeld desse, både nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Prioriterte oppgåver i 2021 vil vere oppdatering av sektorvise handlingsplanar og iverksetjing av ein heilskapleg nasjonal plan for bevaring av genressursar for mat og landbruk.
Kart og geodata
NIBIO har over fleire år hatt eit stort ansvar for å utvikle nettbaserte kart- og geodatatenester ut frå behova til ei rekkje aktørar i samfunnet, både i og utanfor sektoren. Arbeidet blir ført vidare i 2021. Ny statistikk og nye temakart vil bli utvikla i tråd med behova. Mellom anna skal NIBIO støtte Mattilsynet i arbeidet med å utvikle kartløysingar for registrering av skadegjerarar. NIBIO forvaltar kart for Landbruksdirektoratet som viser reindrifta sin arealbruk.
Geovekst er eit samarbeid mellom fleire aktørar om sams etablering, forvaltning, drift, vedlikehald og bruk av geografisk informasjon. NIBIO har ansvar for landbruket sitt bidrag. Landbrukssektoren vil framleis få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst-samarbeidet. Vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. Kommunane vil få kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.
Statens kartverk leier arbeidet med å etablere ein digital høgde- og terrengmodell for Noreg. NIBIO skal bidra i dette arbeidet i 2021.
Det internasjonale samarbeidet på kartområdet, som NIBIO deltek i, blir ført vidare. Det inneber mellom anna å støtte arbeidet til SSB med nasjonal arealstatistikk og European Environmental Agencys arbeid med europeisk arealovervaking. Det vil òg bli gitt hjelp til internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata innanfor tema som instituttet har ansvar for.
Data som er samla inn frå satellittar, har potensial til å bli nytta i overvaking av skog- og arealressursar. Arbeidet med å delta i Copernicus, som er EUs program for jordobservasjon, blir ført vidare i 2021. NIBIO og Statens kartverk vil bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
NIBIO skal levere eit godt kunnskapsgrunnlag for økonomiske og politiske avgjerder i sektoren. Det gjeld særleg på område som produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, landbruksbaserte næringar og landbruket si rolle i samfunnet. NIBIO skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med departementet. Instituttet har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er òg viktige tema for kunnskapsutvikling i åra framover. Departementet legg vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing. I 2017 starta NIBIO arbeidet med å oppgradere og fornye IKT-systema knytte til Budsjettnemnda for jordbruket. Systema er avgjerande for verksemda og må forbetrast med tanke på tryggleik, nedetid og informasjonstap. Arbeidet vil fortsetje i 2021.
Kap. 4136 Kunnskapsutvikling m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
30 | Husleige, Norsk institutt for bioøkonomi | 18 081 | 18 533 | 19 052 |
Sum kap. 4136 | 18 081 | 18 533 | 19 052 |
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd | 248 878 | 241 761 | 232 677 |
51 | Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd | 178 036 | 187 815 | 194 856 |
54 | Næringsretta matforsking m.m. | 168 881 | 170 000 | 170 000 |
70 | Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast | 3 500 | 4 500 | 2 000 |
71 | Bioøkonomiordninga, kan overførast | 1 964 | 2 908 | |
Sum kap. 1137 | 601 259 | 606 984 | 599 533 |
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til å nå hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla. Løyvinga omfattar først og fremst forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd.
Rapportering 2019
Regjeringa har fastsett fem mål for Noregs forskingsråd. Rapportering på desse måla, og det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2019, er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2021.
Rapporteringa nedanfor gir ei oversikt over aktivitet og bruk av Landbruks- og matdepartementets forskingsmidlar via Noregs forskingsråd i 2019. Ei meir utfyllande rapportering på resultat og effektar av forskingsløyvingane frå departementet finst i del III.
Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet følgjer i hovudsak opp Langtidsplanen for forsking og høyere utdanning (2019–2028) sine langsiktige prioriteringar «Klima, miljø og miljøvennlig energi», «Muliggjørende teknologier», og «Samfunnssikkerhet og samhørighet i en globalisert verden».
Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementets budsjett har i hovudsak blitt disponerte gjennom programmet Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR i Forskingsrådet. Programmet skal bidra til å finansiere forskingsprosjekt innanfor jordbruk, skogbruk, reindrift og andre landbaserte bionæringar, inkludert nye bioressursar, nye måtar å bruke bioressursar på, matforedling og matindustri. I tillegg følgjer programmet opp forskingsinnsatsen på områda matsikkerheit, mattryggleik, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens, berekraftig sunn matproduksjon og redusert matsvinn. Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt bidreg programmet til å byggje opp kompetanse av stor samfunnsverdi innanfor landbruks- og matsektoren, og på tverrfaglege område. BIONÆR finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking. Prosjekta kan vere tverrgåande og dekkje fleire tema. Mange av prosjekta i BIONÆR har element av klima- og miljøforsking i seg.
Departementet har òg bidrege med forskingsløyvingar til mellom anna programma Stort program energi (ENERGIX) og Miljøforsking for ei grøn samfunnsomstilling (MILJØFORSK), som følgjer opp ulike prioriterte område innan fornybar energi og miljø, i tillegg til programmet Bioteknologi for verdiskaping (BIOTEK 2021). Samla utgjer løyvingane til desse tre programma oppfølginga av departementet sitt sektoransvar.
I 2019 tildelte departementet i overkant av 207 mill. kroner til BIONÆR. Programmet finansierte 150 pågåande prosjekt, 34 prosjekt blei avslutta. 39 nye nasjonale prosjekt med klar relevans for Landbruks- og matdepartementet blei starta opp i 2019, innan fleire program i Forskningsrådet.
Tildelingar frå Landbruks- og matdepartementet til forsking skal leggje grunnlaget for stabil leveranse av trygg kvalitetsmat, auka lønsemd og næringsutvikling. Hovudinnsatsen i BIONÆR var òg i 2019 innanfor området mat med 24 pst. Området dekkjer jordbruk, planteproduksjon og husdyr, og omfattar mellom anna næringsmiddelproduksjon, lagring og emballering av matvarer baserte på jordbruksprodukt, matsikkerheit, mattryggleik, under dette antibiotikaresistens, og redusert matsvinn. Innsatsen dekkjer òg departementet si prioritering av grunnleggjande agronomi, sortsutvikling og avlsarbeid, i tillegg til plante- og dyrehelse og dyrevelferd. Prosjekt på innovative og nye produkt utgjorde om lag fire pst. av den samla porteføljen, men her er det òg ein betydeleg portefølje i ENERGIX, og Brukarstyrt Innovasjonsarena (BIA), som er finansiert over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.
Forskingsrådet har i 2019 følgt opp Landbruks- og matdepartementets prioritering av skogen si rolle i klimasamanheng, og strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, gjennom ei målretta utlysing av forskingsprosjekt. Det blei innvilga seks forskingsprosjekt innanfor skog- og klimasatsinga i 2019. Desse prosjekta spenner vidt – alt frå skogplanteforedling til bygging av høghus i tre, forvaltningsstrategiar for skog for å møte klimaendringane, skoggjødsling med nitrogenanriket kol og nye impregneringssystem for norske treslag.
Departementet si prioritering av mattryggleik i 2019 blei følgt med ei utlysing som resulterte i tre prosjekt. Prosjekta rettar seg inn mot tema innan sporing av genredigerte produkt i den norske matkjeda, mikroplastpartiklar i miljøet og deira rolle i å spreie og beskytte bakteriar og virus som smittar menneske via mat og vatn, og produksjon av brødprodukt med minst mogeleg av soppgiftar for småbarn.
Innanfor LAVUTSLIPP2030, ei sams satsing mellom Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet, er det sett i gang prosjekt på mellom anna biokol, myr, berekraftig husdyrproduksjon, lågare utslepp av lystgass frå gjødsel, klimanøytrale veksthus, fangst av metan i fjøs og moglegheiter for å redusere metanutslepp frå storfe.
Forsking for å redusere utslepp av CO2 blir dekt òg gjennom vidare innsats på områda biodrivstoff, biogass og biovarme, som er område under ENERGIX-programmet. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer porteføljen.
Tildelinga til Forskingsrådet går òg til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innanfor næringane i landbrukssektoren. Tematisk innretta program som BIONÆR og ENERGIX har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser ut vesentlege private midlar til forsking.
I BIONÆR blei det i 2019 gitt midlar til kommersialisering av forskingsresultat til kommersialiseringsprosjektet Cystlab. Prosjektet har til formål å verifisere eit nytt lågkostnads landbruksprodukt utvikla for å fjerne parasittiske potetcystenematoder (PCN), eit aukande problem for verdas potetproduksjon.
Vidare er tildelinga nytta til programmet Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION), som har som mål at fleire bedrifter skal bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt, og at fleire fagmiljø i FoU-institusjonane blir relevante samarbeidspartnarar for næringslivet. FORREGION har fleire aktivitetar for å fremje utvikling av bioøkonomien innanfor jordbruk og skogbruk.
Auka internasjonalisering står sentralt i tildelingar over departementet sitt forskingsbudsjett, og gjer det mogleg for norske FoU-miljø og bedrifter å delta i konkurransen om internasjonale forskingsmidlar innanfor mange nettverk i European Research Area Net (ERA-NET), eit samarbeid mellom ulike forskingsprogram i Europa. Norske miljø deltek innanfor område som mat- og husdyrproduksjon, økologisk produksjon og forbruk, dyrehelse og skogbruk. På landbruks- og matområdet har fellesprogrammet Agriculture, Food Security and Climate Change (JPI FACCE) resultert i ei rekkje prosjekt med norsk deltaking innanfor bioøkonomi og klimaeffektar. Aktiviteten har auka kraftig dei siste åra. Norske aktørar har mellom anna stor suksess i prosjekt knytt til jordhelse og berekraftig planteproduksjon under endra klima. Landbruks- og matforskingsmiljø og bedrifter hadde òg stor suksess i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020.
Dei handlings- og næringsretta programma til Forskingsrådet er retta mot kunnskapsbehov i sektoren og i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, MILJØFORSK og ENERGIX er viktige verkemiddel for kunnskapsutvikling i forvaltninga, og for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. I tillegg til porteføljen av samfunnsfaglege prosjekt om rammevilkår og næringspolitikk blir det lagt vekt på at samfunnsfaglege problemstillingar må integrerast i prosjekt der det er relevant.
I 2019 blei resultata frå kunnskapsnotatane på mattryggleik, plantehelse, dyrehelse og dyrevelferd publisert. I desse blei kunnskapsstatus for årene 2012–2019 skildra og kunnskapshol på dei ulike fagområda blei identifisert. Notata blei utarbeidd i samarbeid mellom relevante forskingsmiljøa, og vil bli følgt opp vidare av Forskingsrådet.
Forskingsrådet skal bidra til å auke kvaliteten på og relevansen av forskingsprosjekta. Kvaliteten på søknadene til BIONÆR er svært god, og i 2019 hadde om lag 86 pst. av søknadene om forskarprosjekt karakteren 5 eller betre (7 er det beste). For innovasjonssøknadene var talet 53 pst. Blant prosjekta som fekk tilslag var karakteren 5 eller høgare.
For å sørgje for ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane i landbrukssektoren samarbeider Forskingsrådet med styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), mellom anna om sams utlysingar, langsiktig planlegging og porteføljestyring. FFL/JA sine midlar blir omtalte under kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.
Forvaltninga har behov for kunnskap for å sikre nok og trygg mat, god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd, samstundes som det blir teke omsyn til miljø og klima. I 2012 blei det etablert ei finansieringsordning for å styrkje forvaltningsretta forsking. I 2019 blei det gitt midlar over ordninga til eitt prosjekt som har som mål å styrkje forvaltninga av norsk plantehelse.
God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan bli teke i bruk både av primærprodusentane og dei andre ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Programma gir òg viktige bidrag til formidling av ny kunnskap, mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte og forskarsamlingar. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn, og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Norsk Landbruksrådgiving, som er eit viktig bindeledd mellom forskinga og landbruket, har i så måte ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane.
Veterinærinstituttet (VI) fekk i 2019 tildelt 3,0 mill. kroner over posten til prosjektet HUNT Éi helse. Dette er eit prosjekt der ein samarbeider med Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT) og NMBU. Formålet med tildelinga har vore å leggje til rette for forskingsprosjekt i grenseflata mellom folkehelse og dyrehelse, med utgangspunkt i biologisk forskingsmateriale frå dyr som kan knytast til personar som deltek i HUNT.
Det har i 2019 mellom anna blitt samla inn prøver frå storfe, sau, gris, hest og hund. Analyse av mikrobiomdata frå prøvene er sett i gang, og det blir etablert ei databaseløysing som varetek krava til personvern og kompatibilitet med framtidig nasjonal helseanalyseplattform.
Det blei i 2019 tildelt 2,5 mill. kroner til vidare utvikling av Veterinærinstituttets samarbeid med kinesiske institusjonar. Mellom anna blei det signert samarbeidsavtalar med Harbin Veterinary Institute – Chinese Academy of Agricultural Sciences og med Institute for Microbiology – Chinese Academy of Sciences.
I tillegg fekk VI tildelt 2,5 mill. kroner til kortsiktige forskingsbehov på skrantesjuke (CWD) i 2019. VI har i samarbeid med Universitetet i Oslo utvikla og publisert ein smitteoppdagingsmodell. Denne blir brukt for å gi råd til Mattilsynet og villreinforvaltninga om risikofaktorar, kontrolltiltak og kor mange prøver som må testast for å oppnå tilfredsstillande tryggleik om fråvær av skrantesjuke.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer i 2021 framlegg om ei løyving på 232,7 mill. kroner over kap. 1137, post 50. Løyvinga skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, og dei forskingspolitiske delmåla, som er omtalte i kat. 15.20.
Ny kunnskap, og tett kopling mellom forskingsmiljø og næringsliv, er viktig for at landbruket sine mange små og mellomstore bedrifter skal vere konkurransedyktige og kunne omstille seg i ei økonomisk krevjande tid som følgje av Covid-19. Departementet vil i 2021 prioritere 20 mill. kroner til forskingsaktivitet som kan bidreg til å fremje teknologiutvikling, grøn omstilling i næringslivet og utvikling av nye arbeidsplassar, med vekt på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon. Desse områda følgjer opp regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning, og handlingsplanen for berekraftige matsystem i norsk utanriks- og utviklingspolitikk 2019–2023, Mat, mennesker og miljø.
Departementet er oppteke av forsking på område som bidreg til å ta vare på og utvikle arbeidet med å sikre mattryggleiken i Noreg vidare, og plante- og dyrehelse i eit endra klima. Kunnskap som kan bidra til at Noreg framleis har Europas lågaste forbruk av antibiotika i husdyrproduksjonen, er blant desse områda. I tillegg vil kunnskap innanfor dyrevelferd vere viktig.
Departementet vil òg leggje vekt på kunnskap som kan bidra til å styrkje skogen si rolle i klimasamanheng, både som karbonlager og som erstatning for produkt baserte på fossilt karbon. Innsatsen på området må sjåast i samanheng med strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, som blei lagd fram i 2019.
Internasjonalisering av landbruks- og matforskinga vil òg i 2021 vere prioritert. Noregs forskingsråd skal leggje til rette for at dei nasjonale forskingsprogramma utviklar vidare det strategiske, tematiske og finansielle samspelet med EU-forskinga, inkludert EUs nye rammeprogram Horisont Europa. Departementet gjer framlegg om å rammeoverføre 5,3 mill. kroner frå kap. 1137, post 50 til kap. 288, post 73, på Kunnskapsdepartementets budsjett i 2021 for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. For nærare omtale sjå Prop. 1 S (2020–2021) frå Kunnskapsdepartementet. Norsk deltaking i Horisont Europa krev tilslutning frå Stortinget. Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal førast vidare.
Forsking er viktig for å støtte opp under behovet for kunnskap i forvaltninga. Det gjeld på alle ansvarsområda til departementet. Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsbehova innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. I denne samanhengen er det behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltninga. Det er viktig å sjå midlane i samanheng med midlar tildelte frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen, jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.
Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for basisfinansiering av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Veterinærinstituttet (VI) og Ruralis. I tillegg får Nofima AS tildelt midlar til fleirårige strategiske program frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. kap. 1137, post 54. Forskingsrådet har ansvaret for fordelinga av basisløyvingane til primærnæringsinstitutta.
Formål med løyvinga
Formålet med basisløyvingar er å sikre ein sterk instituttsektor i landbruks- og matsektoren som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvingane på posten skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid innan heile breidda av instituttet sine faglege aktivitetar. Løyvingane skal nyttast i tråd med retningslinene for statlege basisløyvingar til forskingsinstitutt.
Rapportering 2019
Samla blei det tildelt 281,4 mill. kroner i basisløyvingar til primærnæringsinstitutta i 2019. Av dette blei 171 mill. kroner gitt over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. I tillegg fekk NIBIO 2,0 mill. kroner til strategiske satsingar frå Klima- og miljødepartementet og Nofima AS basisløyving på 74,1 mill. kroner til strategiske program frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt.
Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta, 2019
Driftsinntekter | Driftsresultat | Basisløyving i 2019 | Løyving disponert til strategiske instituttsatsingar | Basisløyving pr. forskarårsverk | Basisløyving i pst. av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | pst. | |
NIBIO | 766,6 | -0,2 | 154 | 28,6 | 0,44 | 20 |
Veterinærinstituttet | 415,5 | 2,7 | 25,8 | 7,6 | 0,19 | 6 |
Ruralis | 43,4 | 0,7 | 8,3 | 2,6 | 0,35 | 19 |
SUM | 1225,5 | 3,2 | 188,1 | 38,8 |
Kjelde: Tal frå Årsrapport 2019 Primærnæringsinstitutta, Noregs Forskingsråd
Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta, 2019
Samla årsverk | Forskarårsverk som del av samla årsverk | Tilsette med dr. grad. pr. forskarårsverk | Publikasjonspoeng per forskarårsverk | |
---|---|---|---|---|
pst. | forh. tal | forh. tal | ||
NIBIO | 629 | 56 | 0,74 | 0,61 |
Veterinærinstituttet | 290 | 47 | 0,95 | 0,73 |
Ruralis | 29 | 83 | 0,71 | 1,14 |
SUM | 948 |
Kjelde: Tal frå Årsrapport 2019 Primærnæringsinstitutta, Noregs Forskingsråd
Norsk institutt for bioøkonomi
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) hadde eit driftsunderskott på 0,2 mill. kroner i 2019. Tilsvarande for 2018 var eit overskott på 1,5 mill. kroner. Talet på årsverk var 629 i 2019, mot 634 i 2018.
I 2019 har instituttet brukt midlar av løyvinga til 12 strategiske instituttsatsingar. Dette er fleirårige prosjekt som har som formål å byggje kompetanse på fagområde som vil bli viktige for instituttet framover. I 2019 har det vore slike satsingar til dømes innanfor identifikasjon og motverk av invaderande framandarter, auka berekraft i bioøkonomien, plantevernmiddel, klimasmart landbruk og auka verdiskaping i skogsektoren.
Midlane har òg blitt brukte til strategiske tiltak som mellom anna vidareføring av Senter for presisjonsjordbruk og etableringa av Senter for presisjonsskogbruk. Internt har instituttet brukt ein god del av midlane til å koordinere tverrfaglege aktivitetar, mellom anna å utvikle modellar for å sjå verknaden av klimatiltak i landbruket. Andre tiltak innanfor løyvinga har vore oppbygging av instituttet sin eigen kompetanse, publisering og formidling, og nettverksbygging og kompetanseutvikling for å styrkje samarbeidet med andre FoU-aktørar nasjonalt og internasjonalt. Også deltaking i fleire internasjonale forskingsorgan er dekt av løyvinga. Løyvinga har dessutan dekt noko av den internasjonale prosjektutviklinga.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet (VI) hadde eit driftsoverskott i 2019 på 2,7 mill. kroner. I 2018 var overskottet på 1,6 mill. kroner. Talet på årsverk var 290 i 2019, mot 294 i 2018.
I 2019 har litt under ein tredel av løyvinga blitt brukt til strategiske instituttsatsingar. Dette er på viktige område som til dømes gensekvensering av sjukdomsframkallande bakteriar og dyrevelferd. I tillegg har VI sidan 2018 vore ein del av eit stort europeisk prosjekt innanfor Éi helse. Dette prosjektet er ei stor strategisk investering som blir styrt på same måte som dei strategiske instituttsatsingane.
Basisløyvinga har vidare blitt brukt som eigendel i 55 forskingsprosjekt finansierte av Forskingsrådet og EU. Andre tiltak som er dekte under løyvinga har vore rettleiing av PhD-kandidatar og masterstudentar, og finansiering av deltaking i internasjonale nettverk.
Ruralis
Ruralis hadde eit driftsoverskott på 0,7 mill. kroner i 2019. Tilsvarande for 2018 var eit overskott på 0,3 mill. kroner. Talet på årsverk var 29 i 2019, mot 32 i 2018.
Delar av basisløyvinga har i 2019 blitt brukt til tre pågåande strategiske instituttsatsingar. Desse er knytte til tema som bruk og utnytting av utmarksressursar, berekraftige matsystem og tverrvitskapeleg kompetansebygging. Løyvinga har vidare vore brukt som eigendel i forskingsprosjekt knytte til regionale forskingsfond og til internasjonalt samarbeid. Andre tiltak har vore nettverksbygging, konferansedeltaking, kurs, utvikling av nye forskingsprosjekt og dekning av utgifter til doktorgradsstipendiatar.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 194,9 mill. kroner til dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta. I dette inngår 2 mill. kroner som er overført frå Klima- og miljødepartementet, og som tidlegare har blitt tildelt til strategiske instituttsatsingar i NIBIO. For 2021 skal 1 pst. av løyvinga over kap. 1137, post 51, der husleigekompensasjonen til NIBIO er trekt frå, fordelast mellom NIBIO, VI og Ruralis etter oppnådde resultat ut frå gjeldande indikatorar.
Forskingsinstitutta er ein sentral del av det norske forskings- og innovasjonssystemet. Instituttsektoren er samarbeidspartnar og leverandør av FoU-tenester til næringsliv og offentleg sektor og bidreg til å overføre teknologi og kompetanse mellom aktørar. Kunnskapsdepartementet har sett i gang ein prosess med sikte på å utvikle ein meir heilskapleg instituttpolitikk. Landbruks- og matdepartementet deltek i dette arbeidet.
Post 54 Næringsretta matforsking m.m.
Formål med løyvinga
Ordninga har bakgrunn i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, som blei oppretta i medhald av lov 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Midlane blir kravd inn gjennom ei avgift på importerte og norskproduserte landbruksprodukt. Løyvinga blir forvalta av eit styre som er oppnemnt av departementet.
Midlane skal nyttast slik at dei bidreg til å nå dei landbrukspolitiske måla som knyter seg til produksjon av nærings- og nytingsmiddel. Løyvinga skal tildelast næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Delar av løyvinga skal gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor. Løyvinga blir motsvart av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt.
Rapportering 2019
Det har vore stor aktivitet knytt til ordninga gjennom 2019, og styret har i sin rapport til departementet informert om at fondet ved utgangen av året hadde 120 prosjekt i porteføljen sin. Nokre av desse er forprosjekt, men dei fleste er fleirårige forskingsprosjekt. I løpet av året blei 28 forskingsprosjekt avslutta og like mange nye blei innvilga.
Styret har lagt stor vekt på å sikre næringsretta prosjekt med god brukarmedverknad og brukarforankring. Fondet sine midlar blir over tid ført tilbake til dei ulike produksjonane i landbruket i tråd med innbetaling frå desse. Vidare har det vore lagt vekt på å oppnå god samordning av fondet sine midlar med forskingsmidlar over jordbruksavtalen og programma i Noregs forskningsråd. Forsking med støtte frå fondet dekkjer mange fagområde som samla sett skal bidra til at dei landbruks- og matpolitiske måla blir nådde. Viktige fagområde er mat- og planteproduksjon, klima, miljø og berekraft, auka konkurransekraft og meir effektiv resursbruk i sektoren. Styret for fondet vurderer måloppnåinga i 2019 til å vere god.
Matforskingsinstituttet Nofima AS er tildelt midlar til fleirårige strategiske program der inneverande periode er frå 2017 til 2020. For 2019 fekk instituttet 74,1 mill. kroner til desse programma. Dei tek for seg viktige område som sunnare mat, ein berekraftig matindustri, auka innovasjon i industrien og trygg og haldbar mat. Fondet har òg bidrege med 2 mill. kroner til miljøforskingsprogrammet i Noregs forskingsråd.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 170,0 mill. kroner til Næringsretta matforsking m.m.
Departementet legg opp til ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. framlegg til romertalsvedtak II.
Post 70 Innovasjonsaktivitet m.m.
Formål med løyvinga
Løyvinga over posten skal nyttast til innovasjonsaktivitet i landbruks- og matsektoren.
Rapportering 2019
BioSmia – Senter for marknadsdriven bioinnovasjon
BioSmia fekk i 2019 tildelt eit tilskott på 2,5 mill. kroner i 2019. Formålet med tilskottet var å styrkje senteret sitt bidrag til vekst i eksisterande og etablering av nytt næringsliv innan bioøkonomien. Senteret har vore ein møteplass og motor for marknadsdriven innovasjon innan bioøkonomien og har hatt tett kontakt med næringsliv, bedrifter og vitskapelege miljø. Til dømes bidrog dei som arrangør til Biotown 2019. Det er ein årleg nasjonal møteplass og konferanse innan bioøkonomi, bioindustri og berekraftig matproduksjon, der mellom anna næringsliv, landbruk og forskingsmiljø deltar.
Mære landbruksskole – Landbruket sitt klima- og energisenter
I 2019 var tilskottet til Landbrukets klima- og energisenter ved Mære landbruksskole på 1,0 mill. kroner. Tilskottet har blitt nytta til å finne og vise fram nye klimaløysningar for og med landbruket gjennom å byggje opp under ulike aktivitetar i senteret. Løyvinga har mellom anna gått til tilrettelegging av demonstrasjonsanlegg, kompetanseformidling og arena for FoU. Senteret har lagt vekt på samarbeid med FoU-miljø, og har arrangert fleire fagdagar med deltakarar frå primærnæringar (gardbrukarar), rådgivarar og elevar.
Frå 2019 er det særleg to samarbeid som kan få stor verdi for utviklinga av Landbrukets klima- og energisenter. Det eine er eit tett samarbeid med NIBIO om fleire prosjekt som bidreg til å løfte Mære landbruksskole som Nullutsleppsgard og FoU-arena. Det andre er eit samarbeid med SINTEF kor Mære skal bli eit pilotområde for Forskingssenteret for nullutsleppsområde i smarte byar (FME-ZEN). Dette skal gi Mære landbruksskole tilgang til mange forskarar og større merksemd på klimainvesteringar.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,0 mill. kroner over posten, som tilskott til Landbrukets klima- og energisenter ved Mære landbruksskole. 1 mill. kroner er flytta frå kapittel 1100, post 21 for å samle overføringane til Mære på ein stad.
Post 71 Bioøkonomiordninga
Formål med løyvinga
Løyvinga skal fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Midlane skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane.
Regjeringa ser eit stort potensial i å stimulere til vidareutvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane. Løyvinga skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar.
Rapportering 2019
Bioøkonomiordninga fungerer som ein «paraply» over åtte ulike verkemiddel fordelte på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
Målgruppa for ordninga er bedrifter, uavhengig av storleik, som utviklar og tek i bruk løysingar for produksjon, foredling og distribusjon av bioressursar. Ordninga dekkjer utviklingsstøtte både i og på tvers av eksisterande verdikjeder og er landsdekkjande.
Prosjekt som blir prioriterte, skal:
utvikle eller bidra til utvikling av løysingar i produksjon, foredling og/eller full utnytting i bruk av bioressursar, til dømes produktutvikling, prosessutvikling eller organisatorisk utvikling
bidra til utvikling av marknadsretta strategi, nye marknader og/eller byggje opp merkevarer
sannsynleggjere eit positivt klimabidrag
bidra til auka og berekraftig matproduksjon
Midlane frå Landbruks- og matdepartementet finansierte i 2019 til saman seks utviklingsprosjekt, hovudsakeleg innanfor jordbruksrelatert verksemd; Strand Unikorn, Hoff, Bjertnæs og Hoel, Jook, Raymond Himberg og Norsk Landbruksrådgiving. Fleire andre prosjekt retta mot landbruket blei finansierte med midlar frå andre departement i Bioøkonomiordninga.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer ikkje framlegg om å løyve midlar til Bioøkonomiordninga i Innovasjon Norge.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 49 668 | 48 527 | 48 527 | 0,0 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 24 161 | 30 205 | 30 205 | 0,0 |
1140 | Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m. | 90 108 | 79 278 | 72 088 | -9,1 |
1141 | Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. | 11 389 | 10 519 | -7,6 | |
1142 | Landbruksdirektoratet | 580 782 | 674 637 | 1 056 255 | 56,6 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 67 452 | 168 000 | 159 000 | -5,4 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 147 412 | 121 206 | 122 335 | 0,9 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 16 108 162 | 16 645 652 | 16 940 902 | 1,8 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 130 678 | 136 100 | 149 500 | 9,8 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 24 335 | 24 213 | 24 092 | -0,5 |
Sum kategori 15.30 | 17 222 758 | 17 939 207 | 18 613 423 | 3,8 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
4140 | Haustbare viltressursar | 3 631 | |||
4141 | Haustbare viltressursar | 4 500 | 3 630 | -19,3 | |
4142 | Landbruksdirektoratet | 53 907 | 44 363 | 45 554 | 2,7 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 3 221 | 50 | 50 | 0,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 261 881 | 260 000 | 252 780 | -2,8 |
Sum kategori 15.30 | 322 640 | 308 913 | 302 014 | -2,2 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget under kategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskaping og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, forvaltning av haustbare viltressursar og støtte til organisasjonar. For nærare informasjon om næringsavtalane, sjå Prop. 118 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2020 m.m.) og Prop. 99 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2020/2021), og handsaminga av desse i Stortinget.
Framlegget under kategorien rettar seg særleg mot desse hovudmåla; landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis ei differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.
Regjeringa vil i 2021 arbeide vidare med å følgje opp stortingsmeldingane om jordbrukspolitikken, skog- og trenæringa, reindrifta og vekst og gründerskap. Bidrag frå landbruket til å løyse klimautfordringane har òg høg prioritet. Viktige nasjonale strategiar for bioøkonomi, reiseliv, økologisk jordbruk og jordvern er med på å gi retning for arbeidet. Det blei i 2019 lagt fram eit strategidokument med formål å mobilisere skog- og trenæringa til meir forsking, utvikling og innovasjonsaktivitet og bidra til større etterspørsel etter grøne, trebaserte produkt. Strategidokumentet blir følgt opp vidare i 2021, mellom anna gjennom eit dialogforum som blei etablert hausten 2019.
Landbruksdirektoratet står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken og er støtte- og utgreiingsorgan for departementet, jf. kap. 1142. Det blir lagt vekt på ei brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og hensiktsmessige juridiske verkemiddel i tillegg til kontroll og dokumentasjon.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er viktig i arbeidet med å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev god oversikt over areal- og genressursane, noko som er føresetnader for lønsam drift og god kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ein viktig leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.
Prioriteringar
Internasjonale prosessar
Regjeringa vil innanfor gitte landbrukspolitiske rammer arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar om marknadstilgang for landbruksvarer innanfor EFTA-samarbeidet og overfor Storbritannia og Kina.
Fram mot ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017 drøfta medlemslanda i WTO ulike tema som kunne bidra til ein friare verdshandel med landbruksvarer. Ministerkonferansen gav ingen nye resultat på landbruksområdet. Ministerkonferansen i Kasakhstan i juni 2020 blei avlyst på grunn av koronapandemien. Ny ministerkonferanse skal gjennomførast i 2021.
Når det gjeld pliktene i den eksisterande WTO-avtalen og oppfølginga av ministervedtaket frå Nairobi i 2015 om avvikling av eksportsubsidiar for landbruksvarer innan utgangen av 2020, tilpassar regjeringa verkemiddelbruken slik at Noreg oppfyller pliktene.
EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. 1. oktober 2018 blei ein ny avtale om auka handel mellom Noreg og EU etter artikkel 19 i EØS-avtalen sett i verk. Avtalen inneber auka kvotar inn til Noreg for mellom anna ost, kjøtt og blømande planter. Vidare gir avtalen auka eksportkvotar inn til EU for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar.
EFTA forhandlar i 2020 med fleire land om å inngå handelsavtalar, mellom andre Vietnam og SACU (South African Customs Union). Vidare held forhandlingane mellom Noreg og Kina fram i 2020. Forhandlingar om ein handelsavtale mellom EØS/EFTA-landa og Storbritannia har òg starta opp i 2020. I august 2019 blei EFTA og Mercosur (Brasil, Argentina, Paraguay og Uruguay) samde om ein frihandelsavtale. Avtalen er ikkje formelt godkjent. Jordbruket har ei sentral stilling i internasjonalt arbeid og forhandlingar for berekraftig utvikling. På FNs klimakonferanse i Fiji/Bonn i november 2017 blei partane samde om vidare arbeid med klima, jordbruk og matsikkerheit. Partane samla seg om kunnskap og tiltak innanfor praktiske og overordna tema som jordsmonn, gjødselhandtering, husdyrhald, klimatilpassing og matsikkerheit. Departementet vil halde fram med å engasjere seg i internasjonalt samarbeid om landbruk og klima. Det er viktig å sikre eit godt samarbeid mellom sekretariatet for FNs klimakonvensjon (UNFCCC), FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland på dette området.
Mandatet til FAO omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar. Noreg vil aktivt følgje opp dei styrande organa i FAO, inkludert fagkomiteane innan jordbruk, skog og fiske. Noreg deltek mellom anna i ei arbeidsgruppe i landbrukskomiteen i FAO som skal utvikle retningsliner for mattap og matsvinn. Noreg vil òg følgje og påverke det internasjonale arbeidet mot antibiotikaresistens innanfor One Health-rammeverket. Noreg er her ein pådrivar både gjennom FAO og Verdshelseorganisasjonen (WHO). I tillegg er standardsetjing for mattryggleik under Codex Alimentarius, den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar (plantetraktaten), og kommisjonen for genetiske ressursar prioriterte område.
2030-agendaen har sett ambisiøse mål – berekraftsmåla – for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030. Eit toppmøte om matsystem i 2021 skal betre framgangen og gjere synleg det tiåret der verda skal nå berekraftsmåla. Noreg vil òg aktivt følgje opp arbeidet i Komiteen for matsikkerheit (CFS). Nye frivillige prinsipp for matsystem og ernæring legg vekt på samanhengen mellom matsystem, kosthald og ernæring.
Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for berekraftige matsystem. Dette er eit prioritert område innan utviklingspolitikken.
Departementet vil støtte opp om FAOs arbeid med berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med andre land om kartlegging av og utvikling i forvaltning av skogressursane. Departementet vil òg ta aktivt del i arbeidet under FAOs kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Det inneber òg vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet arbeider spesielt for forbetringar av det multilaterale systemet for tilgang og fordelsdeling knytt til genressursar i plantetraktaten og styrking av bøndene sine rettar til såvare. Saman med India, leier Noreg ei ekspertgruppe som skal sjå på dei rettane bønder har under plantetraktaten. Dette vil bidra til ei meir effektiv planteforedling og større matproduksjon både i Noreg og i andre land.
Det er behov for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt, og vedtok i 2017 ein strategisk plan for alt arbeid som blir gjort i FN på skogområdet. I Europa samarbeider landa om berekraftig skogforvaltning og utvikling av skog- og trenæringa gjennom FOREST EUROPE, FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs regionale skogkommisjon for Europa (EFC). Noreg deltek aktivt i dette arbeidet. Noreg er medlem av European Forest Institute (EFI), eit europeisk forskingsinstitutt som er oppretta ved ein internasjonal avtale. Noreg bidreg økonomisk til den delen av EFI som arbeider med å kople forsking og politikkutvikling, noko som gir eit kunnskapsgrunnlag for nasjonal og europeisk skogpolitikk. Noreg er òg medlem av to regionale skogsamarbeid, skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit sirkumborealt samarbeid der også Canada og USA deltek. Noreg tok over formannskapet i Barents Forest Sector Network i oktober 2019 og vil ha dette til oktober 2021.
Nordisk ministerråd for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransekraftig bruk av naturressursar, mellom anna dei genetiske ressursane. Det er eit mål å skape meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane gjennom sams nordisk innsats. Det fireårige samarbeidsprogrammet utgjer, saman med dei overordna initiativa, handlingsrommet for samarbeidet. Samarbeidsministrane (MR-SAM) starta i 2019 arbeidet med revisjon av dei overordna måla for samarbeidet og har peika på strategiske prioriteringar for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden. Nordisk Ministerråd (NMR) er no i gang med arbeidet med handlingsplanar og budsjett retta mot å nå visjonen om at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region. Aktiviteten i MR-FJLS fell naturleg inn under visjon og prioriteringar og komiteane har arbeidd med planar og tiltak på området. Desse blei drøfta på det digitale møtet for ministrane i juni i år. Det er tidlegare vedteke ein bioøkonomistrategi som er retningsgivande for det nordiske ministersamarbeidet for FJLS-sektorane. I dette samarbeidet er både skogbruk og jordbruk sentrale element for å bidra til utviklinga mot det grøne skiftet og departementet vil òg i tida framover leggje vekt på det nordiske samarbeidet innanfor bioøkonomi og grøn omstilling. På møtet blei det òg semje om å sjå på mogleg samarbeid i arbeidet mot koronapandemien, og i tillegg styrkje det nordiske samarbeidet omkring berekraftig proteinproduksjon i Norden. Det nordiske samarbeidet med å finne gode langsiktige løysingar for genressursarbeidet gjennom NordGen held òg fram. Det skogtregenetiske samarbeidet i Norden, som no er organisert inn i NordGen, har vart i 50 år. Arbeidet har gitt vesentleg nytte for det nordiske skogbruket. Dette vil bli markert på ein konferanse i Noreg i 2021. På ministermøtet på Island hausten 2019 sette Noreg villsvin på den nordiske agendaen. Drøftingane om sams nordisk tilnærming til villsvinproblematikken vil fortsetje.
Hovudtrekk i jordbruksoppgjeret
Den 19. mars 2020 gjekk partane i jordbruksoppgjeret ut i fellesskap og sa at det ikkje kunne gjennomførast tradisjonelle forhandlingar på noko tidspunkt i 2020, som følgje av koronapandemien. Budsjettnemnda for jordbruket la den 17. april fram eit avgrensa grunnlagsmateriale. Den 26. april blei partane samde om å starte forenkla forhandlingar om ein jordbruksavtale for 2020–2021, og den 30. april inngjekk partane ein jordbruksavtale for 2020–2021. Løyvinga over statsbudsjettet blir auka med 350 mill. kroner i 2021 og målprisane blir auka med 1 ¾ pst. i gjennomsnitt frå 1. juni 2020. Ei meir utfyllande omtale av jordbruksoppgjeret 2020 finst i kap. 1150.
Matsikkerheit, beredskap og landbruk over heile landet
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon i produksjonar med marknadsmoglegheiter, av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og beredskapen. Verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.
Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane
På same måte som åra før, blei det òg i årets forenkla jordbruksoppgjer lagt vekt på å stimulere til auka bruk av utmarksressursane gjennom å auke satsane for beite i utmark. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon og bidreg samstundes til å halde ved like eit ope og artsrikt kulturlandskap. Om lag 90 pst. av sau og lam oppfyller vilkåra for beitetilskott, det vil seie at dei går på beite minst 16 eller 12 veker avhengig av arealsone, og får størstedelen av det daglege grovfôropptaket sitt frå beiting. Prosentdelen sau på utmarksbeite aukar etter som besetningane blir større. Delen storfe på utmarksbeite var 28 pst. i 2019. For storfe går prosentdelen på beite ned med storleiken på buskapen. Tilskotta til utmarksbeite har blitt vesentleg auka i dei tre siste jordbruksoppgjera.
Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing
Dei om lag 150 000 landbrukseigedommane med bustadhus i Noreg utgjer eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetjing, og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.
Ressursgrunnlaget er spreidd, og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og gir grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. I tillegg til aktiviteten i landbruket og tilhøyrande foredlingsindustri gir kjøp av varer og tenester ringverknader for andre næringar lokalt og regionalt. Omfanget av landbruk varierer mellom ulike delar av landet, og sysselsetjing og verdiskaping i landbruket er størst i Innlandet, Rogaland og Trøndelag. Samstundes speler landbruksnæringa relativt sett ei større rolle for sysselsetjinga i distrikta enn i meir sentrale strøk av landet. Det er difor viktig å ha verkemiddel som stimulerer til utnytting av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet, og som legg til rette for busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i distrikta.
For å stimulere til landbruk og landbruksbaserte næringar innanfor arktisk landbruk og fjellandbruk er satsinga på områderetta innsats ført vidare.
I Granavoldenplattforma seier regjeringa at ho vil: «utrede muligheten for å innføre retningslinjer for hvor lenge dødsbo kan eie en landbrukseiendom.» Justis- og beredskapsdepartementet har i samråd med Landbruks- og matdepartementet sendt eit forslag på høyring som inneheld reglar om kor lenge ein landbrukseigedom kan bli verande i eit dødsbu. Når ein eigedom blir liggjande lenge i eit dødsbu, aukar risikoen for at eigedommen ikkje er i aktiv bruk og at ressursane ikkje blir utnytta på ein god måte. I 2018 var det om lag 4 000 eigedommar som låg i dødsbu, og ein del av desse eigendommane hadde då lege i dødsbu i meir enn ti år. I høyringsforslaget blir det mellom anna gjort framlegg om at arvingane skal ha overført landbrukseigedommen til ny eigar med tinglyst heimel innan fem år rekna frå arvefallet.
Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling
Noreg har i overkant av 3 pst. jordbruksareal, spreidd over alle landsdelar og fylke. Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av landet. Naturgitte vilkår og klimatiske forhold påverkar både produksjonsmoglegheitene og nivået på avlingane. Topografien er avgjerande for kor store og samanhengande jordbruksareala kan vere. Små og mellomstore bruk er viktige for å utnytte produksjonspotensialet i alle delar av landet. Auka produktivitet og styrkt konkurransekraft vil vere avgjerande for å realisere målet om auka produksjon og høgare heimemarknadsdelar. I jordbruksavtalen blir difor eit støttesystem som kompenserer for ein del av dei ulempene mindre bruk har, prioritert.
Eitt av måla for landbrukspolitikken er eit aktivt og lønsamt jordbruk over heile landet, med produksjonar og næringsverksemd bygd på lokale ressursar, og der inntektsmoglegheita blir sikra for ulike bruksstorleikar. I tråd med dette blei grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga styrkt òg i årets jordbruksoppgjer. Økonomien i produksjon av planteprodukt til mat, korn, poteter og grønsaker, blei vesentleg auka, særleg for dei areala som er best eigna for slik produksjon. Tilskotta til det grasbaserte husdyrhaldet er differensierte for å treffe område med produksjonsutfordringar og driftsvanskar. Tilskotta til utmarksbeite er òg auka.
Leggje til rette for rekruttering i heile landet
Ei stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen er det viktigaste bidraget frå regjeringa for å halde ved like gode rammevilkår og grunnlag for auka lønsemd i landbruket, og for å leggje til rette for rekruttering til landbruket over heile landet. Investeringsverkemidla er eit særleg målretta verkemiddel fordi yngre næringsutøvarar investerer i større grad enn eldre. Det er óg slik at mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Unge under 35 år er prioriterte i delar av regelverket.
Landbruksnæringa har behov for kunnskap og kompetanse for å utvikle norsk matproduksjon og andre landbruksbaserte næringar. Eitt av måla i Granavoldenplattforma er å styrkje landbruksutdanninga og setje i verk kompetanseretta tiltak for å stimulere til rekruttering i næringane. I den samanhengen er det viktig å leggje til rette for gode og fleksible opplærings- og utdanningssystem. Gjennom dei årlege jordbruksoppgjera er det gjort fleire tiltak for å styrkje innsatsen knytt til rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Satsinga omfattar nasjonale og regionale ordningar som vaksenagronomen, mentorordninga i landbruket, regionale midlar til rekruttering og kompetanseheving og nasjonale tilretteleggingsmidlar som dekkjer tilskott til nasjonale kompetanseutviklingstiltak. Det er viktig å ha god kompetanse gjennom heile verdikjeda for mat, og regjeringa har difor sett ned eit rådgivande utval om rekruttering til mat- og måltidsbransjen.
Det er avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet og at dette kan haldast ved lag over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvaren er den viktigaste og beste ambassadøren for å rekruttere til næringa.
Ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift
Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik både i nasjonal og i internasjonal samanheng. Reindrifta er ein del av eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark, og har eit stort potensial for auka verdiskaping.
Regjeringa har som mål å utvikle reindriftsnæringa til ei næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Tilskotta over reindriftsavtalen er retta mot dei som har reindrift til hovudnæring. Det er ein viktig del av reindriftspolitikken at utøvarane skal sjåast på og handsamast som næringsutøvarar.
Regjeringa arbeider vidare med å følgje opp Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter og handsaminga av denne i Stortinget. Det er lagt til grunn at økologisk berekraftig drift og auka produksjon dannar grunnlaget for dei unike moglegheitene reindrifta gir. Meldinga presenterte òg strategiar og tiltak for at næringa betre skal kunne utnytte potensialet sitt i ei rasjonell og marknadsorientert retning. Inntektene frå reindrifta skal i størst mogleg grad skapast ved å selje etterspurde produkt og tenester på marknaden. Det vil gi grunnlag for den unike næringa og kulturberaren som reindrifta er.
Stortinget vedtok endringar i reindriftslova som gjeld offentleggjering av reintal internt i næringa og obligatorisk individmerking i juni 2019. Endringa som gjeld offentleggjering av reintal tok til å gjelde 1.1.2020, mens obligatorisk individmerking ikkje vil ta til å gjelde før det er utforma ei forskrift for ordninga. Landbruks- og matdepartementet har gitt NIBIO i oppdrag å gjere ei utgreiing, som skal liggje til grunn som kunnskapsgrunnlag for utarbeiding av forskrifta. Departementet legg vekt på å involvere reindriftsnæringa i det vidare arbeidet.
Departementet har etablert ei arbeidsgruppe som skal utarbeide kriterium for måla i reindriftspolitikken om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Arbeidsgruppa vil vere ferdig med arbeidet i 2020. Departementa skal i løpet av 2020 ha ferdig ein ny rettleiar om reindrift og plan- og bygningslova. Denne skal erstatte dei gjeldande rettleiarane «Reindrift og planlegging etter plan og bygningsloven» og «Reindrift og konsekvensutredninger etter plan- og bygningsloven».
Økologisk berekraft er ein grunnleggjande føresetnad for å ta vare på reindriftskulturen framover, for utvikling av næringa og for auka lønsemd. Reindrifta er ei viktig og tradisjonsrik matproduserande næring i Noreg. Trygg mat, god dyrevelferd og marknadsorientert produksjon står sentralt i landbruks- og matpolitikken. Det er utgangspunktet for regjeringa sitt mål om å fremje ei rasjonell og marknadsorientert utvikling av næringa. Innanfor desse rammene er det eit mål å auke produksjonen og lønsemda i næringa.
I dag er det meste av beitekapasiteten utnytta. Reindriftsnæringa må auke produksjonen og lønsemda gjennom andre driftstilpassingar enn gjennom å auke talet på dyr. Skal reindrifta framleis ha eit økonomisk grunnlag for heiltidsutøvarar og samtidig halde fram med den familiebaserte reindrifta, er det sentralt å sjå på alternative verksemder knytte til reindrifta, til dømes innanfor reiseliv, lærings- og omsorgsbaserte tenester, vidareforedling og lokalmat. Desse verksemdene er prioriterte i Reindriftsavtalen 2020/2021.
Vinteren og våren 2020 har vore krevjande for reindriftsnæringa. Det var erklært beitekrise i store delar av Finnmark, Nordland og Troms. Stortinget har i løpet av 2020 løyvd 30 mill. kroner til kriseberedskapsfondet. I tillegg blei avtalepartane samde om å redusere eigenkapitalen i Reindriftens utviklingsfond for å tilføre kriseberedskapsfondet midlar vinteren 2020. Beitekrisa viste at systemet for å handtere beredskap i reindrifta fungerer, men det er likevel naudsynt å gå gjennom korleis krisa blei handtert, både av forvaltning og næring. Avtalepartane vil gjere ein slik gjennomgang hausten 2020.
Reintalsreduksjonen har vore krevjande både for næringa og for styresmaktene. Reintalet i Vest-Finnmark låg i 2019 noko over det fastsette reintalet. Dette viser at det er naudsynt å følgje med på utviklinga for å unngå at reintalet aukar på nytt.
Tap av rein til rovvilt er ei stor utfordring. I enkelte reinbeitedistrikt har det over tid blitt erstatta opp mot halvparten av kalveproduksjonen som tap til rovvilt. Sjølv om tapet blir erstatta, vil det gi negative konsekvensar for den enkelte siidaandel og reindriftsfamilie. Dette fordi endra aldersstruktur i simleflokken kan gi lågare kalvetilgang det etterfølgjande året, med tapte produksjonsinntekter som resultat.
Rovviltpolitikken har innverknad på samisk reindrift. Det er difor viktig at tiltak som blir sette i verk når det gjeld rovvilt, òg blir vurderte opp mot dei forpliktingane staten har overfor samane som urfolk. Dette gjeld både materielle forpliktingar til å sikre mellom anna naturgrunnlaget for den samiske reindrifta og dessutan prosessuelle forpliktingar som gjeld konsultasjonar og deltaking i avgjerder som kan påverke samiske interesser direkte.
Auka verdiskaping
Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter
Regjeringa vil prioritere dei marknadsbaserte produksjonsmoglegheitene. Til dømes har regjeringa gjennom fleire jordbruksoppgjer styrkt verkemidla for å stimulere område med underdekning av norske produkt. Regjeringa har prioritert produksjonen av planteprodukt til mat, der det er eit marknadspotensial for auka norsk produksjon.
Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat
Heile verdikjeda i norsk jordbruk må i større grad tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Det krev eit framtidsretta jordbruk som er mindre politisk styrt og meir forbrukar- og marknadsretta. Det er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet.
Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt. Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, og har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft. Enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen har stått sentralt i denne omstillinga.
Ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine samla ressursar
Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer ambisjonane regjeringa har for vekst og gründerskap i dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Meldinga peikar på generelle tiltak knytte til stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø, og stimulering til vidare vekst og utvikling for desse næringane i landbruket. Meldinga er følgd opp med ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta. Innovasjon Norge (IN) følgjer opp strategien gjennom satsingar over Utviklingsprogrammet til kampanjar for mat og drikke, sykling, fiske og vandring. Auka synleggjering skjer både over nettsidene til Visit Norway og i sosiale medier. Det blir òg satsa på kurstilbod til bedriftene om vertskap, opplevingar, booking og digitalisering. Det er eit potensial for vidare utvikling av opplevingar og aktivitetar knytte til utmark, kulturlandskap og reindrift.
Ein vesentleg del av løyvingane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) er prioriterte til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, der investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket (IBU-midlane) og Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er dei største ordningane. I tillegg er det prioritert både nasjonale og regionale verkemiddel som skal leggje til rette for auka verdiskaping og innovasjon.
Regjeringa har sett i gang eit lovarbeid med mål om å gå gjennom og modernisere viltlova. Ansvaret for forvaltninga av haustbare viltressursar blei gjennom kgl.res. 27. april 2018 lagt til Landbruks- og matdepartementet. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for den overordna forvaltninga av økosystema og oppgåver og ansvar knytt til ikkje-haustbare viltartar, og gaupe. Dette gjeld òg freda rovvilt, andre freda artar og framande artar. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet samarbeider difor om lovarbeidet. Viltlova har til formål at viltet og viltet sine leveområde skal forvaltast i samsvar med naturmangfaldlova, og slik at produktivitet og artsrikdom i naturen blir teke i vare. Innanfor denne ramma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæring og friluftsliv. Viltlova blei vedteken 29. mai 1981 og er endra fleire ganger, mellom anna ved innføring av naturmangfaldlova i 2009. Fleire paragrafar i viltlova er oppheva, og delar av lova står i dag fram som fragmentert. Det er naudsynt med betre samordning mellom viltlova og anna relevant regelverk, og klargjering som følgje av nye utfordringar på området.
Handlingsplanen for næringsutvikling basert på haustbare viltressursar, som blei lagd fram for partane i jordbruksoppgjeret i 2019, blir følgd opp gjennom Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping under LUF. Sentrale tiltak er kompetanse- og produktutvikling for aktørar som ønskjer å selje jaktopplevingar, og for dei som ønskjer å vidareforedle og selje viltkjøtt. Dette vil bidra til å realisere ambisjonane for å byggje Noreg som ein matnasjon.
Vidareutvikle Noreg som matnasjon
Regjeringa vil samordne innsatsen for å utvikle Noreg som ein matnasjon, og vil i 2021 leggje fram ein strategi for utviklinga av Matnasjonen Noreg fram mot 2030. Strategien er tufta på følgjande visjon:
«I 2030 er mat ei kjelde til matglede, stoltheit, god helse og fellesskap i heile befolkninga og er eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spennande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar med norske råvarer i verdsklasse.»
Visjonen er brei ved at han omfattar fleire sektorar og næringar enn berre næringssektorane fiskeri og jordbruk, til dømes reiseliv. Matnasjonen Noreg skal vidare vere tufta på ei berekraftig forvaltning av naturressursane og leggje vekt på matnæringane sitt bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet.
Tradisjonelt deler vi matsektoren inn i ein blå og ein grøn sektor. For å byggje ein sterk matnasjon må den samla innsatsen innanfor dei to sektorane synleggjerast betre og inkludere heile matkjeda. Matnasjonen Noreg skal òg inkludere helse- og kosthaldssida. Til dømes Nasjonal handlingsplan for betre kosthold (2017–2023), Intensjonsavtalen med industrien og handelen om kosthaldsråda, og kvalitetsreforma Leve hele livet, syner på ulike måtar korleis mat, helse og kosthald heng saman. Strategien for Matnasjonen Noreg vil samle og synleggjere innsatsen på ansvarsområda til dei tre matdepartementa, med særskild vekt på dei områda der det er ekstra potensial for å sjå innsats og ressursar i samanheng.
Sidan gründermeldinga i 2015 har det offentlege og næringa arbeidd mot målet om å nå ein samla omsetnad av lokal mat og drikke gjennom alle salskanalar på 10 mrd. kroner innan 2025. Dette er ein sams ambisjon for heile matnæringa og alle salskanalar. Utviklinga innanfor daglegvarehandelen har lenge vore svært god, mens tala for sal gjennom dei andre kanalane har vore meir usikkre. I 2019 gjennomførte Matmerk for første gang ei samla kartlegging av salet av lokalmat gjennom både daglegvarehandelen og den såkalla HoReCa-marknaden (hotell, restaurant og catering). Tala syner at ambisjonen er nådd og vel så det. Til saman utgjorde dette salet 11,25 mrd. kroner i 2019 og viser tydeleg at dette er ein viktig del av Matnasjonen Noreg.
Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden
Som i andre sektorar er det naudsynt å fornye driftsapparatet med jamne mellomrom. Utviklinga, med større jordbruksføretak, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi, krev auka investeringar. Nye krav til dyrevelferd, medrekna krav om lausdriftsfjøs, gjer at investeringsbehov innan mjølke- og storfeproduksjon er særleg stor. Regjeringa har prioritert verkemiddel til både investering og bedriftsutvikling i jordbruksoppgjera dei siste åra. Verkemidla bidreg til å redusere risikoen og betre kapitaltilgangen ved investeringane. Den særskilde prioriteringa av frukt- og grøntnæringa, veksthusnæringa og kornproduksjonen blir ført vidare i 2021.
Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder
Eit aktivt og lønsamt skogbruk og ein konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet. Skogsektoren er ein del av ein open, global marknad. Ein konkurransedyktig skogindustri i Noreg er difor avgjerande for velfungerande verdikjeder og for størst mogleg verdiskaping knytt til norsk tømmer.
Skogpolitikken blir følgd opp i tråd med Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, som blei handsama av Stortinget i januar 2017. Her går det mellom anna fram at auka vidareforedling av norsk tømmer i lønsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere viktig for auka verdiskaping og for positive nærings-, miljø- og klimabidrag frå sektoren. Strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, som blei lagt fram i 2019, blir følgd opp gjennom mellom anna eit dialogforum der representantar frå skog- og trenæringa, forsking og forvaltning deltek.
Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og tilskott til produksjon av bioenergi. Verkemiddelbruken knytt til forbetring av skogsvegnettet og tømmerkaier i skogbruket har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og tømmerkaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien.
Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar gir eit godt grunnlag for berekraftig skogbruk. Departementet vil føre vidare kunnskapsprosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) ved NIBIO.
Under handsaminga av Meld. St. 6 (2016–2017) uttalte Stortinget at det er behov for å skaffe fram betre kunnskap om den eldste skogen i Noreg for å sikre god forvaltning av han. Hovudmålet i skogpolitikken er å fremje ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser eit aukande omfang av gammal skog og daude tre. Landsskogtakseringa og databasane for skogbruksplanar gir god informasjon om gammal skog, både om omfang og om kor den eldste skogen er.
Departementet vil vurdere korleis denne kunnskapen kan brukast for å synleggjere kvar den eldste skogen finst, til dømes gjennom ei kartløysing. Bruk av tydelege definisjonar og kriterium blir viktige oppgåver, jf. arbeidet med Natur i Norge (NiN).
Stortinget gav òg støtte til planen om å vurdere tiltak for auka varetaking av nøkkelbiotopar. Nøkkelbiotopane blir etablerte etter miljøregistrering i samband med skogbruksplanlegginga, og blir forvalta av skogeigarane som frivillige miljøomsynsområde. Frå år 2000 til i dag er det sett til side eit samla areal på om lag 1 mill. dekar. Nøkkelbiotopane blir ikkje hogne, og i fleire tilfelle blir dei i dag òg vurderte til å inngå i verneområde etter opplegget for frivillig skogvern. Vidareføringa av miljøregistreringane i skogbruksplanlegginga vil auke omfanget av nøkkelbiotopar framover.
Departementet har saman med miljøstyresmaktene og skognæringa arbeidd med å gå gjennom status for nøkkelbiotopane for å sjå på kor mykje som er teke vare på, og for å peike på behovet for vidare utviklingsarbeid på området. Målet er å vurdere behovet for ei meir langsiktig varetaking av nøkkelbiotopane, slik det mellom anna kjem fram i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. Arbeidet blir sluttført hausten 2020.
Noreg har forhandla fram eit forslag til avtale med EU om sams oppfylling av klimamåla for 2030. Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken. Avtalen er no til godkjenning i EU-systemet. Skog og annan arealbruk er éin av tre pilarar i EUs klimarammeverk. Det er sett eit mål om at sektoren skal gå i netto null for perioden 2021–2030. Det vil seie at CO2-utsleppa frå sektoren ikkje skal overstige opptaket etter reknereglane EU har fastsett i sum for denne perioden. Forvalta skog er den viktigaste av fem arealkategoriar i sektoren skog og anna arealbruk. EU-landa hadde frist for å levere ein referansebane for forvalta skog til Kommisjonen ved utgangen av 2018, og dei har no ein prosess for teknisk vurdering og godkjenning. Noreg har òg utarbeidd ein referansebane for forvalta skog, og ESA er i prosess med teknisk vurdering som blir avslutta hausten 2020. For Noreg er det sett eit mål om 40 pst. reduksjon av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor i 2030. Utslepp av andre klimagassar enn CO2 frå jordbrukssektoren er omfatta av ikkje-kvotepliktig sektor, den såkalla innsatsfordelingsforordninga. Kor mykje dei ulike sektorane, inkludert jordbruket, må redusere sine utslepp med, vil bli fastsett nasjonalt, sjølv om Noreg inngår ein avtale med EU.
Regjeringa vil føre vidare tiltak som bidreg til auka opptak av CO2 og lagring av karbon, og leggje til rette for meir bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar. Regjeringa vil føre vidare tilskott til tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling. Skogplanteforedling er eit viktig område for å sikre auka verdiskaping, klimatilpassing og auka opptak av CO2 i skog. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å foryngje skogen etter hogst.
Statsallmenningslovutvalet blei oppnemnt ved kgl. res. 4. mars 2016 for å gå gjennom lovverket for statsallmenningane med mål om modernisering og forenkling. Utvalet fekk mellom anna i oppgåve å vurdere om det var mogleg å slå saman dei to lovene som finst i dag, til éi lov. Utvalet fremja forslaget sitt i NOU 2018: 11 Ny fjellov i juni 2018. Her la utvalet fram forslag til ei ny lov om statsallmenningane som erstatning for fjellova og statsallmenningslova. NOU 2018: 11 har vore til høyring i 2018/2019, og departementet arbeider med vidare oppfølging.
Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar
Redusert forureining frå landbruket
Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har ført til auka avrenning, og at det skjuler verknaden av tiltaka. Verknadene nedstraums er òg påverka av andre prosessar, som spreidde avløp frå bustader. Etter vassforskrifta skal alle vassførekomstar ha god økologisk status. Det er framleis utfordringar med å redusere avvika mellom dagens tilstand og miljømåla som er sette etter vassforskrifta. Gjeldande vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram for åra 2016–2021 skal no oppdaterast for planperioden 2022–2027, i samsvar med ny kunnskap, endra føresetnader, krava i vassforskrifta og nasjonale føringar.
Noregs rapporterte utslepp av ammoniakk (NH3) overstig forpliktingane etter Göteborg-protokollen, og det er òg av den grunn naudsynt med tiltak for å få ned utsleppa. Det er sett i gang ein gjennomgang av gjødselregelverket. Eit av formåla med gjennomgangen er å redusere utsleppa til luft.
Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar
All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er biologiske prosessar som òg er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2018 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde om lag 8,7 pst. av dei samla norske utsleppa. Det er ikkje mogleg å produsere mat utan utslepp av klimagassar. Ved handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) i Stortinget uttalte næringskomiteen at klimagassutslepp frå biologiske prosessar ikkje kan jamstillast med utslepp frå fossile kjelder. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 5,3 pst. frå 1990 til 2018 og med 1,1 pst. frå 2017 til 2018. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe på grunn av auka effektivitet i mjølkeproduksjonen er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket.
Jordbrukspolitikken skal leggjast om i meir miljø- og klimavenleg retning. I jordbruksoppgjeret 2020 blei styrkinga av klimainnsatsen prioritert. Berekningane av utsleppa frå jordbruket har stort forbetringspotensial.
I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbruksorganisasjonane ein klimaavtale. Det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Jordbruksaktivitetar, og særleg husdyrhald, er biologiske prosessar som òg er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg metan og lystgass. Jordbruket er samstundes ein bidragsytar til det grøne skiftet, både gjennom binding av karbon og gjennom produksjon av fornybar biobasert energi og drivstoff. Klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.
For å redusere utsleppa av klimagassar er det innført eit forbod i nydyrkingsforskrifta mot nydyrking av myr, men med moglegheit for kommunen til å gi dispensasjon i særlege tilfelle. Endringa blei fastsett 2. juni 2020, og er ei oppfølging av Stortingets handsaming av Prop. 39 L (2018–2019) Endringar i jordlova mv. Ved ein avtale med EU om sams oppfylling av klimamåla for 2030, jf. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, vil EUs reglar for å bokføre opptak og utslepp frå skog og andre areal òg gjelde for Noreg. EU-regelverket for skog og annan arealbruk som gjeld frå 2021, inneber avgrensingar i kva som kan inngå av faktiske opptak og utslepp i vurderinga av om sektoren vil oppfylle målet om netto null utslepp. Førebelse utrekningar viser at Noreg truleg må bokføre eit netto utslepp frå sektoren på 12 mill. tonn CO2 i sum i perioden 2021–2030. Dette utsleppet kjem særleg frå avskoging.
Meld. St. 41 (2016–2017) og klimaforliket legg opp til ei aktiv forvaltning av skogressursane for å sikre eit høgt opptak av CO2 i skog, slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Tilveksten i skogen er no på sitt høgaste, men tilveksten og CO2-opptaket vil gå ned i tida framover. Hovudårsakene til det er at mykje av skogen har nådd hogstmoden alder, og at det har vore ein periode på 1990- og 2000-talet med låge investeringar i skogen. Vidareføring av arbeidet med skogplanteforedling, tettare planting og gjødsling av skog skal bidra til auka opptak av karbon og at trea i størst mogleg grad er tilpassa eit klima i endring. Pilotprosjektet for planting av skog på nye areal over budsjettet til Klima- og miljødepartementet er avslutta og sluttrapport blei lagd fram våren 2019. Departementa skal no vurdere resultata og råda i rapporten. Regjeringa vil fortsetje arbeidet med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å forynge skogen etter hogst.
Meir bruk av fornybar bioenergi og meir bruk av tre framfor innsatsfaktorar som er baserte på fossile ressursar, kan gi viktige bidrag til energiforsyninga og byggsektoren og minke utsleppa av klimagassar. Regjeringa vil i 2021 føre vidare satsinga på bioenergi gjennom Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Programmet blir finansiert over jordbruksavtalen. Meir bruk av tre i bygg og andre tiltak som aukar lageret av karbon i ulike produkt laga av tre, bidreg òg positivt i klimasamanheng. I Meld. St. 41 (2016–2017) går det fram at regjeringa vil bidra til meir bruk av tre i bygg. Bruk av tre i bygg og andre konstruksjonar er eit innsatsområde i Bioøkonomiordninga som Innovasjon Norge forvaltar.
Av bioøkonomistrategien til regjeringa går det mellom anna fram at fornybare biologiske ressursar må erstatte fossile ressursar i eit lågutsleppssamfunn. Verdiskaping basert på berekraftig hausting av biomasse frå jord-, skog- og havbruk – bioøkonomien – kan difor få ein større plass i næringslivet i framtida. Noreg har god tilgang på bioråstoff. Basert på fornybar energi og relevant kompetanse frå prosessindustri og petroleumsrelatert verksemd kan norsk biomasse frå jordbruk, skog og hav omdannast til eit breitt spekter av høgverdige produkt. I tillegg må ein vente gjennombrott for nye bruksmåtar for bioteknologi.
Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det venta smittepresset må møtast med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.
Noreg skal vere mellom dei leiande landa i arbeidet med å produsere kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innanfor forsking og utvikling (FoU). Departementet vil arbeide vidare med å utvikle det internasjonale samarbeidet om forsking.
Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal og ressursgrunnlag
Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjorda. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova samfunnet har. Regjeringa la i 2015 fram ein nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra. I 2018 oppdaterte regjeringa denne strategien, og målet for omdisponeringa blei nådd både i 2017, 2018 og 2019. Departementet vil revidere jordvernstrategien i 2021, og samtidig vurdere målet som er sett.
Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gir ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av plante- og dyreartar.
Det genetiske mangfaldet av planter, husdyr og skogtre er ein viktig ressurs for landbruket, ikkje minst i møte med nye utfordringar som til dømes klimaendringar. Departementet vil følgje opp strategien frå 2019 for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk.
Departementet har ansvaret for drifta av Svalbard globale frøhvelv, som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå dei viktigaste matvekstane i verda. Frølageret har òg ei viktig rolle i arbeidet med å auke forståinga for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette. Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om å ta vare på genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet
Mangfaldet og variasjonen av natur- og kulturverdiar i jordbrukslandskapet er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for ei god forvaltning. Frå og med 2020 har dei aktuelle kommunane ansvar for forvaltning av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket, der det blir gitt støtte til skjøtsel av viktige jordbrukslandskap med store miljøverdiar.
Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet samarbeider om ordninga. Avsetjinga til tilskott til tiltak utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap blir ført vidare på same nivå i 2021.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
70 | Støtte til organisasjonar | 39 500 | 39 302 | 39 302 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 2 200 | 1 298 | 1 298 |
72 | Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk | 7 968 | 7 927 | 7 927 |
Sum kap. 1138 | 49 668 | 48 527 | 48 527 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å støtte organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor Landbruks- og matdepartementets målområde.
Dette omfattar organisasjonar som
formidlar kunnskap og fremjar forståing for verdien av landbruk, matproduksjon og matkultur,
synleggjer yrkesmoglegheiter knytte til garden sine ressursar, eller
fremjar berekraftig landbruk, verdiskaping og landbruksbasert næringsutvikling
Tilskottet skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og bidra til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og nasjonalt.
Departementet har hatt ein gjennomgang av ordninga Støtte til organisasjonar. Ordninga vil framleis bli forvalta av departementet, og forslag til fordeling av midlane til navngitte mottakarar vil, som tidlegare, bli fremja i budsjettproposisjonen. Då tildelinga av tilskottet blir fastlagd i Stortingets vedtak, vil midlane ikkje lysast ut, og ordninga er ikkje regulert av noko regelverk.
Det blir set krav om rapportering i form av årsmelding/årsberetning og revisorgodkjend rekneskap. Dette er grunnlag for oppfølging og kontroll, og skal sendast departementet innan 1. juni påfølgjande år. For organisasjonar som mottek tilskottsbeløp mindre enn 200 000 kroner, er det sett krav om at rekneskapen skal vere attestert.
Årsmelding/årsberetning og rekneskap for løyvinga i 2021 skal sendast departementet innan 1. juni 2022.
Rapportering 2019
Departementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. I 2019 blei det fordelt 39,5 mill. kroner i støtte til 30 organisasjonar, jf. tabell 2.3.
Tabell 2.3 Støtte til organisasjonar i 2019 (i kroner)
Organisasjon | Støtte 2019 |
---|---|
Biologisk-dynamisk forening | 152 000 |
Bondens marked Norge | 505 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 200 000 |
Det Norske Hageselskap | 1 111 000 |
Dyrebeskyttelsen | 404 000 |
Dyrevernalliansen | 754 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 615 000 |
Geitmyra matkultursenter for barn | 2 404 000 |
HANEN | 2 171 000 |
Hest og Helse | 232 000 |
Kvinner i skogbruket | 174 000 |
Matsentralen Oslo | 800 000 |
Matsentralen Norge | 7 000 000 |
Matvett | 415 000 |
Nettverk for GMO fri mat og fôr | 1 500 000 |
NOAH – for dyrs rettigheter | 750 000 |
Norges Birøkterlag | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 404 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 140 000 |
Norges Vel | 2 020 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 255 000 |
Norsk Gardsost | 372 000 |
Norsk Seterkultur | 180 000 |
Norske Lakseelver | 550 000 |
Oikos – Økologisk Norge | 2 929 000 |
Spire | 101 000 |
Norsk Kulturarv | 355 000 |
TreSenteret | 303 000 |
Vitenparken Campus Ås | 3 283 000 |
4H Norge | 7 171 000 |
Sum | 39 500 000 |
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 39,3 mill. kroner til støtte til organisasjonar.
Løyvinga er fordelt på 30 organisasjonar, jf. tabell 2.4.
Tabell 2.4 Støtte til organisasjonar i 2020 og budsjettframlegg for 2021 (i kroner)
Organisasjon | Støtte 2020 | Forslag 2021 |
---|---|---|
Bondens marked Norge | 500 000 | 500 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 190 000 | 1 190 000 |
Det Norske Hageselskap | 1 090 000 | 1 090 000 |
Dyrebeskyttelsen | 400 000 | 400 000 |
Dyrevernalliansen | 740 000 | 740 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 600 000 | 1 600 000 |
Geitmyra matkultursenter for barn | 2 380 000 | 2 380 000 |
HANEN | 2 150 000 | 2 150 000 |
Hest og Helse | 230 000 | 230 000 |
Jordvern Norge | 200 000 | |
Kvinner i skogbruket | 170 000 | 170 000 |
Matsentralen Norge | 7 800 000 | 7 800 000 |
Matvett | 410 000 | 410 000 |
Nettverk for GMO fri mat og fôr | 1 490 000 | 1 490 000 |
NOAH – for dyrs rettigheter | 730 000 | 730 000 |
Norges Birøkterlag | 250 000 | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 400 000 | 400 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 130 000 | 130 000 |
Norges Vel | 1 900 000 | 1 900 000 |
Norsk Bonde- og småbrukarlag – Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 | 250 000 |
Norsk Gardsost | 370 000 | 370 000 |
Norsk Seterkultur | 180 000 | 180 000 |
Norske Lakseelver | 540 000 | 540 000 |
Spire | 100 000 | 100 000 |
Norsk Kulturarv | 350 000 | 350 000 |
TreSenteret | 300 000 | 300 000 |
Ungt Entreprenørskap | 350 000 | 350 000 |
Vitenparken Campus Ås | 3 200 000 | 3 000 000 |
4H Norge | 7 100 000 | 7 100 000 |
Økologisk Norge | 3 002 000 | 3 002 000 |
Sum | 39 302 000 | 39 302 000 |
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar
Formål med løyvinga
Posten omfattar midlar for medverknad i internasjonale skogpolitiske prosessar og anna internasjonalt skogsamarbeid. Noreg arbeider for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom United Nations Economic Commission for Europe (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek òg her. Noreg er òg medlem i andre regionale skogsamarbeid, skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit Sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek. Noreg tok over formannskapet i Barents Forest Sector Network i oktober 2019 og vil ha dette til oktober 2021. Vidare er skog og skogbruk ein del av det nordiske ministerrådsamarbeidet.
Løyvinga skal òg nyttast til norsk medverknad i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) frå kapittel 1136, post 50, som skal dekkje bidrag frå instituttet til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.
Rapportering 2019
Noreg har i 2019 bidrege med 1,5 mill. kroner til eit fond som finansierer verksemda i Policy Support Facility under EFI. Dette programmet skal kople forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsgrunnlag i utviklinga av nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid. I 2019 har fondet finansiert to rapportar i serien «From science to Policy», om aktuelle problemstillingar knytte til skog i Europa. Det har òg vore gitt ut kortare nyheitsskriv om aktuelle saker, og eit skriv om planta skog. Think Forest har arrangert to seminar om skogskadar og om planta skog. Det har vore stor merksemd på desse arrangementa. Det har òg vore eit seminar om bioøkonomi i Beijing, Kina, der den finske ambassaden var vertskap.
NIBIO er ein viktig aktør i oppfølginga av det internasjonale skogsamarbeidet, mellom anna i FOREST EUROPE, FAO og UNECE. Ein viktig del av dette er å sikre rapportering og delta i utviklingsarbeidet til desse organisasjonane og prosessane. NIBIO fekk ei løyving på 490 000 kroner til sekretariatfunksjonar for det norske formannskapet i Barents Forest Sector Network i 2020 og fram til eit avsluttande arrangement i 2021.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,3 mill. kroner til internasjonalt skogsamarbeid.
Løyvinga skal nyttast til vidare oppfølging av internasjonale prosessar. Hovuddelen vil bli nytta til å føre vidare bidraget til arbeidet i EFI og til gjennomføringa av eit avsluttande arrangement i det norske formannskapet i Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet.
Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Formål med løyvinga
Norsk senter for økologisk landbruk er ei privat, sjølvstendig stifting som arbeider med forsking, rådgiving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi.
Løyvinga skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av løyvinga kan gå til forskingsretta arbeid.
Rapportering 2019
Det blei løyvd 7,968 mill. kroner til formålet. Stiftinga har drive både munnleg og skriftleg formidling til bønder, landbruksrådgivarar, studentar, offentleg forvaltning, forbrukarar og storhushaldning. Formidlinga har skjedd gjennom ulike nettstader, artiklar i fagtidsskrift, foredrag og ulike arrangement. Stiftinga deltek på ei rekkje samarbeidsarenaer, og har i 2019 delteke i fleire grupper, mellom anna Matmerk si redaksjonsgruppe for forbrukerretta informasjon og Landbruksdirektoratet si arbeidsgruppe for utarbeiding av eit forslag til jordprogram. Stiftinga legg vekt på dialog og samarbeid med fleire organisasjonar nasjonalt og internasjonalt. NORSØK har eit særskilt omfattande samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving og NIBIO. Innanfor løyvinga har NORSØK òg arbeidd med å samle og utvikle kunnskap innanfor ei rekkje tema som jordkvalitet, agronomi og klima, fornybar energi, dyrevelferd og driftsopplegg og plantevern.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,9 mill. kroner til stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK). Aktuelle tiltak som skal inngå i løyvinga, vil bli avklart i dialog mellom stiftinga og departementet.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast | 24 161 | 30 205 | 30 205 |
Sum kap. 1139 | 24 161 | 30 205 | 30 205 |
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak
Formål med løyvinga
Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket, som ligg under hovudmålet om berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Løyvingar over posten omfattar tiltak for å styrkje nasjonalt og internasjonalt arbeid med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket. Midlar til prosjektet Miljøregistreringer i skog ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) inngår òg i denne posten.
Rapportering 2019
Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagd til Norsk genressurssenter under NIBIO.
Tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få innverknad på mat og landbruk i Noreg, blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Over post 71 blei det i 2019 løyvd tilskott på 7,8 mill. kroner, fordelt på i alt 62 prosjekt. Tilskottet blei gitt til tiltak som bidreg til å nå nasjonale mål og til å oppfylle Noregs internasjonale forpliktingar. Prioriteringar og satsingsområde i gjeldande handlingsplanar for bevaringsverdige husdyrrasar og plante- og skogtregenetiske ressursar er difor lagde til grunn for løyvingane. Som tidlegare år gjekk dei fleste tilskotta i 2019 til aktivitetar for å sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskott til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv, som tek hand om truga husdyrrasar og plantegenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter. Det er òg gitt støtte til drifta av genbanken for verpehøns på Hvam, der dei tidlegare kommersielle verpehønslinene er bevarte i ein levande genbank. I 2019 blei det òg gitt tilskott til fleire prosjekt, mellom anna til forsking om immunkomponentar i mjølk frå bevaringsverdige storferasar, utval av norske skogtre til grøntanlegg og uttesting og bruk av historiske nordnorske kornsortar.
Det blei utbetalt vel 1 mill. kroner til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund) over posten. Det svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2018.
Svalbard globale frøhvelv er etablert for å sikre at den globale matforsyninga i framtida kan dra nytte av det store genetiske mangfaldet innan matplantene våre. Særskilde vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga er sikra i kvelvet. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. Sju institusjonar la til saman inn 32 575 nye frøprøver i 2019. Ved utgangen av 2019 har 78 institusjonar verda over lagra 1 108 526 sikkerheitskopiar i kvelvet på Svalbard. I 2019 blei Statsbygg ferdig med ei stor teknisk oppgradering av frøkvelvet. Ein ny vasstett tunnel mellom inngangsbygget og fjellhallane, eit oppgradert kjølesystem og sikring av dei tekniske installasjonane i eit eige teknisk bygg, vil bidra til å sikre frøkvelvet for framtida òg under eit senario med eit varmare klima på Svalbard. Frølageret er eit viktig bidrag for Noreg til det internasjonale samarbeidet for bevaring av genetiske ressursar for mat og landbruk. Midlane i 2019 gjekk til drift av frølageret, som mellom anna inkluderer husleige, kapitalkostnader, driftsutgifter til NordGen for arbeid med deponering av frø, ein sams kommunikasjonsstrategi og styrkt driftssikkerheit.
I skogpolitikken har regjeringa som mål å leggje til rette for berekraftig forvaltning av skogressursane. Departementet gir støtte til prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som gir eit fagleg fundament for eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2019. Miljøregistreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN), som Artsdatabanken har ansvaret for, som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit dokumentert og etterprøveleg kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. NiN er teke i bruk og innarbeidd i MiS-kartlegginga.
Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman tildelt 4,947 mill. kroner i 2019. Sentera har ansvar for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Det blir fødd urovekkjande få føl av dei nasjonale rasane, og denne tendensen har vart i ein del år. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har hatt stabile eller svakt aukande bedekningstal dei seinare årane. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har ei stabil innavlsutvikling i siste generasjon. Fagutvalet for avl og bevaring av nasjonale hesterasar leverer årleg ei tilråding til departementet om oppfølging av handlingsplan for bevaring, til støtte for dei prioriteringane av midlar som departementet gjer.
Over posten blei det òg løyvd 0,4 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar som eignar seg for norske forhold, og til formidlingsverksemd.
Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk i 2019 tildelt 1,124 mill. kroner for å halde fram som kompetansesenter for hjort – både viltlevande og i oppdrett. Hjortesenteret bidreg til kunnskapsutvikling og auka kompetanse om hjort som ressurs, hos private, hos rettshavarar og i forvaltninga.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 30,2 mill. kroner til tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak. Departementet tek sikte på at fordelinga på ulike tiltak vil vere om lag som i tabell 2.5.
Tabell 2.5 Tilskott til genressursforvaltning (i 1000 kroner)
Tiltak | Budsjett 2020 | 2021 |
---|---|---|
Genressurstiltak | 7 040 | 7 040 |
Svalbard globale frøhvelv | 10 249 | 10 249 |
Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 850 | 1 850 |
Prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) | 4 550 | 4 550 |
Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter | 4 947 | 4 947 |
Stiftinga Det norske arboret og Norsk Hjortesenter | 1 569 | 1 569 |
Sum genressursforvaltning og miljøtiltak | 30 205 | 30 205 |
Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket.
I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Endra klima er ei utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale i landbruket og tilpassa skogtre i skogbruket.
Midlane på posten bidreg til å oppfylle pliktene Noreg har i Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk, og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, planter og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk.
Vidare vil arbeidet som blir finansiert over denne posten, bidra til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling. Sidan dette arbeidet er viktig, har Landbruks- og matdepartementet vedteke ein strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk: Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk. Strategien synleggjer og godkjenner den innsatsen som blir lagd ned på genressursfeltet i dag, og peikar samstundes på eit behov for vidareutvikling og nye tiltak. Den nye strategien for forvaltninga av genressursar innanfor landbruket skal leggjast til grunn for tilskott til genressurstiltak og genressursforvaltninga elles.
Det er ei sentral målsetjing for bruken av desse midlane å sikre langsiktig bevaring av genetiske ressursar ved å stimulere til forpliktande eigeninnsats frå private, lokale og offentlege samarbeidspartnarar. Midlane skal òg bidra til å stimulere til auka bruk og næringsutvikling basert på dei genetiske ressursane, og i møte med nye utfordringar, til dømes klimaendringar.
Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling, som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter, og departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,85 mill. kroner. Det er òg sett av midlar på posten til Plantetraktatens fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarer til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare. Midlane går til bønder i utviklingsland og deira berekraftige bruk av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.
Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv som inkluderer husleige for investeringa i anlegget, driftsutgifter, koordinering av frømottak og informasjon til depositørar og til omverda. Oppgraderinga av frøkvelvet som følgje av klimaendringar på Svalbard blei ferdig i 2019 og inneber ein vasstett tunnel i inngangen, auka tryggleik og eit forbetra og meir miljøvenleg kjølesystem. For departementet inneber dette ei auka husleige i 2021, basert på ein kostnad på 21,4 mill. kroner for forprosjekta og ein kostnad på 169 mill. kroner for sjølve ombyggingsprosjektet som hadde ei styringsramme på 193,1 mill. kroner. Departementet har i samband med den tekniske oppgraderinga også styrkt driftssikkerheita og sett i verk ein ny kommunikasjonsstrategi for frøkvelvet på Svalbard, i samarbeid med NordGen og CropTrust som er departementet sine partar i drifta av frøkvelvet. Det globale tryggingslageret for frø på Svalbard har god oppslutning frå genbankane i verda, og det er innleidd eit langsiktig samarbeid med mange av dei aller viktigaste institusjonane. Det er framleis stor interesse for det globale frølageret i internasjonale medium og hos allmenta. Internasjonale aktørar, det internasjonale panelet for frøkvelvet og partsmøte i Den internasjonale plantetraktaten er viktige støttespelarar i drifta av frøkvelvet.
Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2021, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,6 mill. kroner til dette. Landbruksdirektoratet har ansvar for registreringsopplegget og gjennomføringa av MiS-kartlegginga. Prosjektet skal i samarbeid med Landbruksdirektoratet følgje opp resultat og erfaringar i vidare arbeid med å utvikle gode og konkrete råd om miljøomsyn i skogbruket som kan innarbeidast i registreringsopplegget. Registreringane vil framleis bli nytta i arbeidet med å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern.
Oppdaterte ressurs- og miljødata frå skogbruksplanlegginga blir forvalta av NIBIO på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. I karttenesta Skogportalen hos NIBIO skal framleis MiS-data og annan relevant miljøinformasjon frå ulike kjelder samlast og tilpassast behova til næringa og offentleg forvaltning.
Landbruksdirektoratet skal sørgje for at Natur i Norge (NiN) blir ført vidare i skogbruksplanlegginga. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har gitt Artsdatabanken i oppdrag å greie ut forhold omkring skogbestandsdynamikk og omgrepet naturskog for å få eit meir standardisert registreringsopplegg og eit betre og meir eintydig kunnskapsgrunnlag. NiN blir halde ved lag og vidareutvikla av Artsdatabanken.
Departementet gjer òg framlegg om ei løyving på 4,9 mill. kroner til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter, mellom anna til oppgåver dei utfører i samarbeid med raselaga for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Departementet vil føre vidare støtta til stiftingane Det norske arboret og Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter skal, som kompetansesenter, arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt og i landbruket spesielt.
Kap. 1140 Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Driftsutgifter | 15 989 | 16 000 | 14 920 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 24 391 | 22 000 | 21 890 |
23 | Jegerprøve m.m., kan overførast | 3 619 | ||
71 | Tilskott til viltformål, kan overførast | 39 763 | 41 278 | 35 278 |
75 | Organisasjonar – haustbare viltressursar | 6 346 | ||
Sum kap. 1140 | 90 108 | 79 278 | 72 088 |
Formålet med løyvinga
Kapittelet omfattar utgifter til tiltak innanfor viltforvaltninga. Midlane under kap. 1140 er primært retta mot målet om auka verdiskaping under Landbruks- og matdepartementet, og resultatområda Naturmangfald og friluftsliv under Klima- og miljødepartementet.
Kvart år betaler jegerane inn jeger- og fellingsavgifter til Viltfondet. Desse midlane blir inntektsførte på kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet, post 72 Jeger- og fellingsavgifter, og blir nytta til tiltak som fremjar viltforvaltninga, jf. viltlova § 43.
Inntektsløyvingane over kap. 5576 finansierer utgifter over kap. 1140, post 01, 21 og 71 (Landbruks- og matdepartementets proposisjon), utgifter til viltforsking over kap. 1410, post 50 (Klima- og miljødepartementets proposisjon), og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01 (Klima- og miljødepartementets proposisjon). For nærare omtale av avgiftene og forholda mellom kap. 1140, 1410, 1420, 5576 og inntektene til Viltfondet, sjå kap. 5576.
Løn og godtgjersler til fast tilsette innanfor det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1140, men over kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet, kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.
Bruken av midlane i Viltfondet blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet med konkrete tiltak i mange tilfelle krev innsats frå dei frivillige organisasjonane, og at dei sentrale ledda i desse organisasjonane skal kunne ha synspunkt på disponeringa.
Løyvingane skal nyttast til oppgåver under Landbruks- og matdepartementet når tiltaka er retta mot dei haustbare viltartane, men òg til oppgåver under Klima- og miljødepartementet når tiltaka er retta mot artar som ikkje er rekna som haustbare. Landbruks- og matdepartementet stiller årleg midlar til ikkje-haustbare artar til disposisjon for Klima- og miljødepartementet. Budsjettmidlane blir fordelte mellom haustbare og ikkje-haustbare artar basert på erfaringstal.
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Midlane under posten er i hovudsak retta mot dei haustbare viltressursane.
Posten dekkjer utgifter til løn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga, som det nasjonale Jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, utvikling og drift av betalingstenesta for jegeravgifta og informasjonstiltak.
Rapportering 2019
Arbeidet i villreinnemndene er ført vidare. For enkelte av nemndene krev skrantesjuka auka innsats. Arbeidet med å digitalisere jegerdokumentasjonen held fram. Dette er òg ei tilpassing til nye rutinar ved Statistisk sentralbyrå (SSB) for å hente inn statistikk over jegerar og utbyttet deira, der jegerane bidreg til ei betre overvaking av viltet.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,9 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 1 mill. kroner i forhold til 2020 grunna reduserte administrative utgifter knytte til digitalisering.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Midlane under posten er retta mot større nasjonale tiltak, mellom anna kjøp av tenester.
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av Miljødirektoratet. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene dekkjast over post 21. Det gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing.
Rapportering 2019
Utgifter til drift og utvikling av hjorteviltregisteret blir dekte over denne posten. Hjorteviltregisteret er bygd opp for å sikre opplysningar om jegerobservasjonar og felte dyr under jakt. Kommunen er pålagd å nytte dette i si forvaltning og rapportering av data til statistiske formål, mellom anna til SSB. Registeret er óg sentralt i formidling av data om skrantesjukeanalysar. Data frå bestandsovervåkingsprogrammet for hjortevilt blir lagra i registeret. Her blir óg informasjon om alle fallvilttilfelle, mellom anna viltpåkjørsler på veg og bane, lagra. Arbeidet med ny teknisk løysning blei starta opp i 2018, og ført vidare i 2019. Arbeidet med å utvikle gode prosessar med andre land omkring gåseforvaltninga er ført vidare, og det er også samarbeid med grunneigarar om hønsefuglportalen. Utgifter til ulike forskingsprosjekt på haustbare artar i regi av forskingsinstitusjonar er ført på post 21, samt drift av program for bestandsovervaking av hjortevilt og helseovervaking av vilt.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 21,9 mill. kroner, om lag uendra frå 2020 til 2021. Løyvinga i 2021 skal prioriterast til nasjonale overvakingsprogram innan helse og bestand og drift og utvikling av hjorteviltregisteret. Hjorteviltregisteret er sentralt for varetaking og bruk av data om hjortevilt, både for kommunar og andre. Løyvinga må òg sjåast i samanheng med midlane som blir tildelte som tilskott under post 71.
Post 23 Jegerprøve m.m.
Formålet med løyvinga
Løyvinga skal gå til å drifte ordninga med den obligatoriske jegerprøva.
Rapportering 2019
Sjå nytt kap 1141.
Budsjettframlegg 2021
Posten er flytta til nytt kap. 1141 frå 2020.
Post 71 Tilskott til viltformål
Formål med løyvinga
Midlane under posten er retta mot auka verdiskaping og oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av viltressursane. Målet for tilskottsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av vilt, og til å ta vare på produktiviteten og mangfaldet i naturen regionalt og nasjonalt. Tiltaka som blir sette i verk skal gi betre kunnskap om artar og bestandar og korleis dei kan haustast på beste måten.
Det kan bli gitt tilskott innanfor område som jakt og jaktmoglegheiter, viltkartlegging, innarbeiding av leveområde for vilt og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, samarbeid om viltforvaltninga lokalt og oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid, blir prioriterte.
Innanfor desse rammene skal posten dekkje tiltak i samband med forvaltning av hjortevilt, under dette tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskott til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar og andre.
Vidare skal posten dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal førast tilbake til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda.
Midlar under posten kan òg gå til tilskott til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er naudsynte for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskottsmidlane som fylkeskommunane nyttar til haustbart vilt førte under denne posten. Den enkelte fylkeskommune gir etter søknad midlar til praktiske tiltak knytte til desse artane. Sidan fylkesmennene på same tid forvaltar tilskottsmidlar innanfor sitt forvaltningsområde, er det eit krav om god samordning av bruken av midlane.
Det vil òg kunne tildelast tilskott til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innanfor viltforvaltninga.
I tillegg skal posten dekkje utgifter til overvaking for å sikre kontinuerleg oversikt over bestandsstatus og utvikling av artar og grupper av viltartar. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk sentrale, regionale og lokale tiltak for forvaltning og justering av verkemiddel og avdekkje kunnskapsbehov.
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskott leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Den faktiske verknaden av tilskotta kan ikkje vurderast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Rapportering 2019
Løyvingane blei i 2019 nytta om lag som tidlegare år. For 2019 blei det levert 707 søknader i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Av desse var 156 stila til Miljødirektoratet, 289 til dei ulike fylkesmannsembeta, og 262 var stila til ulike fylkeskommunar. Det har blitt gitt tilskott til dei fleste aktørar og grupperingar som arbeider med viltforvaltning. Ordninga med elektronisk innlevering av søknader fungerer godt, og ordninga fører til støtte til ulike tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag. Løyvingane over posten har òg gjort det mogleg at søkjarar kan medverke i prosjekt der andre har ansvar for hovudfinansieringa, til dømes prosjekt under Noregs forskingsråd. Ordninga er vidare nytta til støtte til studentprosjekt, der slik støtte inneber at det blir gjennomført prosjekt med fagleg relevans for viltforvaltninga.
Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskottsmidlane skal bli tilgjengelege for alle interesserte og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat er tilgjengelege under søknadsarkiv i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Løyvingane til tilskott og handsaminga av den enkelte søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar, vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva som kan oppnåast på eitt enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift, som nyttar høvet til å søkje om tilskott, og som nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskottsordningane eller resultata, har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne halde oppe haustinga og ha eit godt nok kunnskapsunderlag for forvaltninga.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 35,3 mill. kroner.
Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal leggje til rette for tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv.
Rapportering 2019
Sjå nytt kap. 1141.
Budsjettframlegg 2021
Posten er flytta til nytt kap. 1141 frå 2020.
Kap. 4140 Haustbare viltressursar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Jegerprøve, gebyr m.m. | 3 631 | ||
Sum kap. 4140 | 3 631 |
Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.
Formålet med løyvinga
Inntektene på posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøva, jf. forskrift 2. april 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.
Rapportering 2019
Sjå nytt kap. 4141.
Budsjettframlegg 2021
Posten er flytta til nytt kap. 4141 frå 2020.
Kap. 1141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
23 | Jegerprøve m.m., kan overførast | 4 500 | 3 630 | |
75 | Organisasjonar – haustbare viltressursar | 6 889 | 6 889 | |
Sum kap. 1141 | 11 389 | 10 519 |
Post 23 Jegerprøve m.m.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal gå til å drifte ordninga med den obligatoriske jegerprøva.
Rapportering 2019
Gebyrinntektene frå kap. 4141, post 01 dekkjer utgiftene under kap. 1141, post 23 til å drifte jegerprøveordninga. Inntektene dekkjer vedlikehald av undervisningsmateriell, utdanning av jegerprøveinstruktørar, drift av e-læring, eksamensordninga og elektronisk betalingsløysing for eksamensgebyret, samt vidareutvikling av jegerprøva.
Budsjettframlegg 2021
Utgiftene til å drifte den obligatoriske jegerprøva blir venteleg om lag 3,6 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4141, post 01. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4141, post 01.
Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal leggje til rette for tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv. Ordninga blei etablert for 2019 under kap. 1140, post 75.
Rapportering 2019
Det blei i 2019 opna for søknader om tilskott til tiltak som kan gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane. Tilskottsordninga rettar seg først og fremst mot sentral- og fylkesleddet i frivillige organisasjonar og sentrale institusjonar for barn og unge. Desse kan søkje om tilskott til tiltak som fremjar jakt, fangst og hausting som friluftslivsaktivitet.
Det blei i 2019 sett av 2 141 000 kroner til ordninga, som kom i gang i siste halvdel av 2019. Det kom inn fem søknadar, og samla blei det i 2019 utbetalt 1 484 750 kroner i tilskott.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,9 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje grunnstønad til Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) til aktivitetar knytte til jakt og fangst på haustbare viltressursar og tiltak for stimulere barn og unge til forståing og bruk av utmarksressursane.
Departementet tek sikte på at fordelinga på tiltak vil vere om lag som i tabell 2.6.
Tabell 2.6 Fordeling av midler på kap. 1141, post 75 for 2021 (i 1000 kroner)
Tiltak | Budsjett 2020 | Budsjett 2021 |
---|---|---|
Grunnstønad til Norges Jeger- og Fiskerforbund | 4 861 | 4 861 |
Tiltak for barn og unge – bruk av utmarksressursar | 2 028 | 2 028 |
Sum kap. 1141, post 75 | 6 889 | 6 889 |
Kap. 4141 Haustbare viltressursar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Jegerprøve, gebyr m.m. | 4 500 | 3 630 | |
Sum kap. 4141 | 4 500 | 3 630 |
Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.
Formål med løyvinga
Inntektene på posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøva, jf. forskrift 2. april 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.
Rapportering 2019
I 2019 var det til saman 11 806 eksamensgjennomføringar, noko som var ein nedgang på om lag 1 000 frå året før. Sjå kap. 1141, post 23.
Budsjettframlegg 2021
Det er venta inntekter på posten på 3,6 mill. kroner. Kvar kandidat som gjennomfører jegerprøveeksamen må betale eit eksamensgebyr per eksamensforsøk. Jegerprøvegebyret blei sist endra i 2015. Departementet gjer framlegg om å justere gebyret i 2021 frå 300 kroner til 330 kroner, med bakgrunn i auka kostnader knytte til drift av jegerprøveordninga, prisutvikling i marknaden, i tillegg til færre eksamensgjennomføringar. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva. Kap. 1141, post 23, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Driftsutgifter | 259 004 | 241 733 | 240 203 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 2 281 | 12 051 | 12 051 |
50 | Arealressurskart | 7 715 | 7 676 | 7 638 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 180 471 | 170 286 | 174 945 |
70 | Tilskott til fjellstuer | 808 | 816 | 816 |
71 | Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast | 4 355 | 4 513 | 4 500 |
72 | Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving | 471 | 452 | 492 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving | 105 529 | 55 610 | 55 610 |
74 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt | 1 000 | 1 000 | |
75 | Tilskott til klimarådgiving på gardar | 7 132 | ||
76 | Tilskott til oppkjøp av mjølkekvoter | 188 500 | ||
77 | Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 13 016 | 160 000 | 350 000 |
78 | Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 20 000 | 20 000 | |
80 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 500 | 500 | |
Sum kap. 1142 | 580 782 | 674 637 | 1 056 255 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.
Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er òg sekretariat for Omsetnadsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Reindriftsstyret, styret for Reindriftens utviklingsfond og Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt.
Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov, forskrift og/eller regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging av avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.
Landbruksdirektoratet skal, i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til departementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning.
Landbruksdirektoratet skal samarbeide med fylkesmennene for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.
Landbruksdirektoratet har desse forvaltningsområda:
areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
reindrift
inntekts- og velferdspolitiske tiltak
marknadstiltak, handel og industri
digitalisering og organisasjon
Rapportering 2019
Landbruksdirektoratet er lokalisert i Oslo, Steinkjer og Alta. Regjeringsvedtaket hausten 2017 om å flytte 30 årsverk frå Oslo til Steinkjer, kravde mykje merksemd i direktoratet òg i 2019. Eininga i Steinkjer vil vere ferdig etablert i oktober 2020.
Direktoratet la i 2019 vekt på å utvikle verksemda og tenestene direktoratet forvaltar vidare. I 2019 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret og forhandlingane om reindriftsavtalen. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i ulike utval og arbeidsgrupper.
Digitalisering er eit strategisk satsingsområde for direktoratet og eit sentralt verkemiddel for å oppnå måla i direktoratet sin strategiske plan. Direktoratet arbeider målretta for å sikre at digitalisering skal gi nytte for direktoratet, forvaltninga og landbruksnæringa. I 2018 starta arbeidet med ei ny løysing for forvaltning av importvernet og foredla råvarer (RÅK). Den første hovudleveransen, ein tollkalkulator, blei ferdig hausten 2019. Nye digitale tenester for reindrifta blei òg tekne i bruk. I 2019 leverte 82 pst. melding om reindrift digitalt og 92 pst. søkte om tilskott digitalt.
Direktoratet fekk fleire nye oppdrag på ulike område i 2019. Forskrift for kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr blei fastsett i november og Landbruksdirektoratet fekk det overordna ansvaret for forvaltninga av ordninga. I tillegg kom ansvaret på rovviltområdet, der direktoratet skal gi fagleg støtte til Fylkesmannens arbeid som sekretariat for rovviltnemndene, og å uttale seg i samband med forvaltningsplanar for rovvilt.
Arbeidet med å sikre at reintalet er tilpassa beitegrunnlaget, blei ført vidare i 2019. Reintalet i Finnmark krev enno tett og aktiv oppfølging. Utviklinga i reindrifta er positiv på fleire område. Marknad og prisar har vist ei god utvikling over tid. Reindriftsstyret har stadfesta bruksreglar for alle sams beiteområde i Vest-Finnmark som gir betre grunnlag for ei stabil drift framover. Direktoratet har òg arbeidd med å utarbeide rundskriv og rettleiarar til reindriftslova. I 2019 blei det etablert beredskapsutval i reindrifta i Finnmark. Beredskapsutvala blir leia av fylkesmannen.
Landbruksdirektoratet har fleire verkemiddel som bidreg til å sikre matforsyninga og stabile prisar. Gjennom importvern og tollnedsetjing har Landbruksdirektoratet lagt til rette for avsetnad av norsk produksjon, samstundes som det er lagt til rette for supplerande import og oppfylling av internasjonale forpliktingar.
I 2019 fekk Landbruksdirektoratet rolla som sekretariat for Grøntutvalet, jordbruksavtalepartane si satsing på grøntsektoren. Målet med arbeidet var å auke norskdelen og møte etterspørselen etter norskprodusert vare.
Oppgåva med å setje opp statistikk for matsvinn i jordbrukssektoren blei òg gitt til Landbruksdirektoratet i 2019. Målet er å halvere matsvinn per innbyggjar innan 2030. Arbeidet er godt i gang. Statistikken vil måle svinn i primærleddet, og vil bli publisert i 2021.
Landbruksdirektoratet har ei rådgivande og rettleiande rolle på jordvernområdet. I 2019 leverte direktoratet ei utgreiing om landbruket si eiga nedbygging av dyrka jord. I tillegg blei fleire ulike utgreiingar gjennomførte for å auke kunnskapen om korleis landbruket sitt bidrag til miljø og klima kan styrkast. Dette inneber redusert tap av jord, avrenning og utslepp til luft frå jordbruksdrifta. 2019 var første søknadsåret etter revidering av dei regionale miljøprogramma. I tråd med føringane frå jordbruksoppgjeret har tiltak som gjeld utslepp til luft fått auka prioritet.
Ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket blei i 2019 utvida med tre nye område. Det er no 44 utvalde kulturlandskap i jordbruket. Ny forskrift om Utvalde kulturlandskap i jordbruket og Verdsarvområda blei vedteke 27. desember 2019, og vedtaksmyndigheita blei flytta frå fylkesmannen til kommunen.
I skogbruket har det vore høg aktivitet med eit rekordstort avverkingsvolum. Det har vore satsa målretta på betre infrastruktur, auka forynging av skog, samt miljø og klimatiltak. Tilskott til klimatiltaka gjødsling og tettare planting av skog auka, og det blei innvilga fleire tilsegner til skogsvegar og tømmerkaier.
Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga i areal- og miljøsaker. I 2019 har direktoratet på fleire område levert utgreiingar saman med Miljødirektoratet. Døme på dette er sluttrapport og evaluering av pilotfasen for Planting av skog på nye areal som klimatiltak og utgreiing om bruk av utanlandske treslag. Hausten 2019 blei det arbeidd mykje med utgreiinga Klimakur 2030 både innan jordbruk og skogbruk.
I 2019 blei forbetring og utvikling av dei ulike IKT-systema prioritert. Det blei lagt vekt på utvikling av ny systemløysing for importvern og foredla jordbruksråvarer (RÅK), gjort eit digitaliseringsløft for fagsystemet for skogordningane (ØKS), og utvikling av Agros, som er ei sams løysing for over 25 ulike ordningar inkludert kompensasjonsordninga for pelsdyr. I 2019 gjennomførte direktoratet ei utgreiing om nytt søknads- og sakshandsamingssystem for erstatningsordningane i landbruket.
Landbruksdirektoratet etablerte i 2019 eit responsmiljø for handtering av kritiske IKT-hendingar (landbruks- og matCERT) for landbruks- og matsektoren.
Innføringa av den nye personvernforordninga (GDPR) har vore vektlagt. IKT-tryggleik for dei ulike fagsystema blei òg prioritert og arbeidet med å verne systema, data og tenestene mot uautorisert tilgang, skade eller misbruk heldt fram. Landbruksdirektoratet har sett ut drift, vedlikehald og utvikling av IKT.
Landbruksdirektoratet har i 2019 halde fram arbeidet med målretta og effektiv kontroll med tilskottsforvaltninga. Riksrevisjonen har påpeikt utfordringar grunna delegert forvaltning av ordningane produksjonstilskott og avløysertilskott. Direktoratet arbeider med å utvikle ein meir effektiv internkontroll knytt til forvaltninga av ordningane. Direktoratet vil leggje større vekt på formalisering, systematisering og risikovurderingar. Dette inneber òg endring i fagsystemet eStil PT og presisering av krav og forventningar til oppfølging og kontroll i rundskriv og instruksar.
Landbruksdirektoratet skal følgje opp at fylkesmennene tek ansvar for den regionale forvaltninga og kontrollen på landbruksområdet på ein formålstenleg måte. Fylkesmennene har vidare ansvar for å følgje opp at kommunane gjer sine oppgåver knytt til forvaltning og kontroll på landbruksområdet.
Direktoratet har òg kartlagt kva for ordningar som framleis krev forskrift.
Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2019 finst i årsrapporten på www.landbruksdirektoratet.no.
Budsjettframlegg 2021
Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 240,2 mill. kroner.
Framlegget inneheld kompensasjon for ein varig auke av driftsutgiftene som følgje av den nye eininga i Steinkjer. Det blir prioritert å sikre eit stabilt drifts- og fagmiljø i Steinkjer, samstundes med at direktoratet utfører dei andre oppgåvene på ein tilfredsstillande måte.
Regjeringa vil auke kunnskapen om landbruket sin arealbruk. Rett og god arealbruk er avgjerande for å setje landbruksnæringane i stand til å vareta og utvikle nye arbeidsplassar i distrikta basert på bruk av naturressursar. Landbruksdirektoratet har ei viktig rolle i å levere kunnskap av høg kvalitet om dette. Framlegget til løyving omfattar 6 mill. kroner for å styrkje det faglege arbeidet med arealbruken i landbruket knytt til oppgåver innanfor klima og miljø. Som ein del av dette er det særleg viktig å styrkje arbeidet med varetaking av den landbruksfaglege sida av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken. Den auka satsinga på desse områda skal bidra til styrking av direktoratet si eining i Steinkjer.
Framlegget inneheld òg ei rammeoverføring på 0,335 mill. kroner til kap. 1605, post 01 Driftsutgifter DFØ. Bakgrunnen er at Landbruksdirektoratet har gått over frå del- til fullservice rekneskapstenester frå Direktoratet for forvaltning og økonomisk styring (DFØ).
Nedanfor følgjer ein nærare omtale av viktige oppgåver på dei enkelte forvaltningsområda i 2021.
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
Landbruksdirektoratet vil i 2021 føre vidare arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og ein effektiv infrastruktur i skogen.
Når det gjeld klima- og miljøomsyn i jordbruket, vil Landbruksdirektoratet utvikle tiltaka vidare med sikte på forenkling og målretting til beste for klima, miljø og næring. Ei prioritert oppgåve vil vere å leggje til rette for ei målretta gjennomføring av tiltak for å redusere klimagassutsleppa, slik som gjødslingstiltak, biogass og dyrkings- og driftspraksis med mål om å auke karbonbindinga i jorda. Regional og lokal oppfølging av vassforskrifta og arbeid med kulturlandskap vil òg vere viktige oppgåver for Landbruksdirektoratet i 2021.
Landbruksdirektoratet vil bidra til at interessene til landbruket blir tekne vare på i saker knytt til naturmangfaldlova. Det er behov for merksemd på jordvern på alle nivå for å ta vare på god matjord. Direktoratet samarbeider med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i oppfølginga av den nasjonale jordvernstrategien.
Landbruksdirektoratet vil ha eit samarbeid med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet. Dette gjeld særleg utgreiing av tiltak og verkemiddel med mål om reduserte utslepp av klimagassar, binding av karbon og fornybar energi.
Direktoratet vil òg følgje opp den nasjonale strategien for økologisk jordbruk og tiltaka i Økologiprogrammet. Direktoratet vil bidra til auka samordning og informasjons- og kunnskapsdeling i det økologiske samarbeidsforumet for aktørar som forvaltar verkemiddel over jordbruksavtalen.
Landbruksdirektoratet vil ta hand om den landbruksfaglege sida i rovviltpolitikken og leggje til rette informasjon om utviklinga i beitenæringane (husdyr, rein).
Landbruksdirektoratet vil i 2021 arbeide for å sikre ei god og effektiv forvaltning av statens naturskadeordning.
Reindrift
Innrapportert samla reintal i Finnmark er no tilnærma på det nivået som er fastsett i bruksreglane. Landbruksdirektoratet vil i 2021 arbeide for å halde oppe grunnlaget for ei økologisk berekraftig reindrift ved å sikre eit stabilt reintal. Saman med fylkesmannen vil direktoratet følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet utover det som er fastsett, ved å nytte føresegnene i reindriftslova. Landbruksdirektoratet vil vurdere behovet for offentleg kontrollerte teljingar i heile reinbeiteområdet i samråd med fylkesmannen. Teljinga i 2019 avdekte eit distrikt med for høgt reintal, og fylkesmannen avkorta difor tilskotta til dei gjeldande siidaandelane.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med å stimulere til best mogleg produksjon i reindrifta. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, vil Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata frå totalregnskapet og melding om reindrift.
Ny digital løysing for innlevering av melding om reindrift og søknad om tilskott til siidaandelar og tamreinlag er teken i bruk. Delen digitale brukarar er i dag på om lag 80 pst. Det er behov for ei oppgradering av systema som ligg bak innleveringsløysinga. Direktoratet vil difor halde fram planlegginga av vidareutvikling av reindriftssystema i 2021.
Vidareutvikling av sjølvstyret i reindrifta står sentralt i arbeidet for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet vil i nær dialog med departementet arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje sjølvstyret og internkontrollen i reindrifta.
Landbruksdirektoratet vil i 2021 følgje opp Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift. Lang tradisjon – unike muligheter. Dette gjeld mellom anna obligatorisk individmerking av rein og tilgjengeleggjering av reintal internt i næringa.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Innspel til målretting, forvaltning, forenkling og kontroll av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktige òg i 2021.
Landbruksdirektoratet vil i 2021 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av produksjonstilskotta i jordbruket og tilskott til avløysing ved ferie og fritid. Arbeidet med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av husdyrkonsesjonsregelverket vil òg bli prioritert.
Omsetnadssrådet har finansiert utvikling av nytt IKT-system for kvoteordninga for mjølk. Det har som mål om å forenkle forvaltningsprosessane i ordninga og skal sluttførast og takast i bruk i omsetnaden av kvoter i 2021 med verknad frå 2022.
Landbruksdirektoratet vil arbeide for å betre forvaltninga av pristilskotta, der meieria, slakteria og andre mottaksanlegg er tilskottsformidlarar. Direktoratet vil utvikle forvaltninga av verkemiddel til næringsutvikling og kompetanseutvikling vidare.
Landbruksdirektoratet er sekretariat for to forskingsstyre; styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen. Sekretariatet vil i 2021 føre vidare arbeidet med å leggje til rette for eit effektivt og velfungerande styrearbeid gjennom god saksførebuing og oppfølging av vedtak, for å sikre forsking av høg kvalitet til størst mogleg nytte for næringa.
Marknadstiltak, handel og industri
Landbruksdirektoratet vil i 2021 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer, der like konkurransevilkår for aktørane står sentralt.
Direktoratet vil som sekretariat for Omsetnadsrådet følgje opp endringane etter gjennomgangen av regelverket for marknadsbalansering i jordbruket.
Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit viktig mål.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA), og rapportering i samsvar med internasjonale forpliktingar. Direktoratet vil òg bidra med analysar i samband med Brexit.
Landbruksdirektoratet vil halde fram med å følgje med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).
Landbruksdirektoratet vil følgje med på dei nasjonale og internasjonale marknadene for landbruksvarer, sørgje for å ha relevant og oppdatert informasjon om forsyningssituasjonen og analysere og rapportere om utviklinga.
Digitalisering og organisasjon
Landbruksdirektoratet vil utvikle vidare styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Digitaliseringsplanen i Landbruksdirektoratet skal bidra til prioriteringar av tiltak som gir nytte for brukarane, samarbeidspartnarane og direktoratet. I 2021 vil arbeidet med å digitalisere tenestene halde fram.
I 2021 vil arbeidet med å utvikle nye nettsider sluttførast. Målet er å skape nettsider som tek utgangspunkt i behovet til brukarane. Nettsidene og dei digitale tenestene skal vere effektive, lett tilgjengelege og trygge å bruke.
Direktoratet har fått finansiering til fleire utviklingsprosjekt i 2021. Dette gjeld digital løysing for nydyrking i Agros, kartløysing for SMIL-ordningane, fullføring av digitalisering av skogforvaltninga og utvikling av eit nytt søknads- og sakshandsamingssystem for erstatningsordningane i landbruket.
Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område òg i 2021.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgiftene til oppfølging av Noregs ansvar ved gjennomføringa av ny reingjerdekonvensjon med Finland, og til konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland. Posten skal òg dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Røros-regionen og til vedlikehald av gjerda i Hemsedal og Lærdal.
I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter i samsvar med gjeldande reingjerdekonvensjon og avtalar.
Rapportering 2019
Det er gjennomført skogrydding av den første delen av delstrekning 2 og 3 etter gjeldande reingjerdekonvensjon med Finland. Vidare er det gjennomført vedlikehald av konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland og vedlikehald av gjerda i Røros-området.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,1 mill. kroner.
Våren 2016 ratifiserte Noreg ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland. Hausten 2016 ratifiserte òg Finland konvensjonen. Avtalen inneber mellom anna at det er norsk ansvar å føre opp gjerde på strekninga Karigasniemi–Levajok. Kostnaden for dette er berekna til 17,6 mill. kroner i perioden 2018–2021. Løyvinga i 2021 skal dekkje oppføring av den siste gjerdestrekninga.
Posten skal òg dekkje andre kostnader knytte til gjennomføring av reingjerdekonvensjonen mellom Norge og Finland, mellom anna møte i norsk-finsk reingjerdekommisjon. Posten skal òg dekkje vedlikehald av gjerde mot Finland, Sverige og Russland.
Post 50 Arealressurskart
Formål med løyvinga
Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av eit arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.
Rapportering 2019
Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos NIBIO. Karta blir viste mellom anna i løysinga Gårdskart på nett og er viktige i samband med kontroll av tilskottsordningar.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,6 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formål med løyvinga
Tilskottet skal bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Tilskott til veterinærdekning har sidan 2008 blitt gitt som eit øyremerkt tilskott. Hovuddelen av posten har gått til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.
Posten blir òg nytta til stimuleringstiltak for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. I tillegg blir eit mindre beløp nytta til veterinærtenester på Svalbard.
Rapportering 2019
Midlane er fordelte til kommunane. Eit mindre beløp har vore nytta til veterinærtenester på Svalbard.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg ei løyving på 174,9 mill. kroner.
Post 70 Tilskott til fjellstuer
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom andre reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstuer – Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstuene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstuene har plikt til å halde ope heile året.
Rapportering 2019
Det er gitt tilskott til alle fjellstuene. I tillegg til fast driftstilskott, blei det i 2019 òg gitt variabelt tilskott til innkjøp av naudsynt utstyr til alle fjellstuene.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,8 mill. kroner.
Post 71 Tiltak for berekraftig reindrift
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift. Reinteljing og oppfølging av godkjende bruksreglar er sentrale tiltak, i tillegg til kontrolltiltak retta mot grenseoverskridande reinbeite mellom Noreg og Sverige.
Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Kostnader knytte til slik kunnskapsutvikling blir dekte over denne posten. Utover dette er formålet med løyvinga å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp både reindriftslova og grensereinbeitelova, overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, enkelte utviklings- og utgreiingskostnader og digitalisering av arealbrukskart for reindrifta.
Rapportering 2019
Det er gjennomført teljing av rein i Finnmark og Trøndelag i 2019. Sluttrapporten for prosjektet Overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda blei publisert i 2019. Digitalisering av arealbrukskart for reindrifta og utarbeiding av mellombels digital løysing for melding om reindrift og søknad om tilskott til siidaandelar og tamreinlag, er utført etter planen.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner.
Posten skal nyttast til kontroll og oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar. Posten skal òg nyttast til kontroll av grenseoverskridande beite og handheving av beitetider og bruk av beiteområde.
Det krev ekstra innsats å følgje opp distrikt der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Oppfølginga inneber mellom anna at det skal leggjast til rette for fellestiltak for betre infrastruktur, og at det framleis skal stimulerast aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den gjeldande marknadssituasjonen.
Oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar er prioriterte oppgåver både for direktoratet og for fylkesmannen i 2021. Vidare vil Landbruksdirektoratet og fylkesmannen i 2021 prioritere kontrolltiltak retta mot grenseoverskridande reinbeite mellom Noreg og Sverige.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999, og beiteleige ut frå inngåtte reinbeiteavtalar med grunneigarane i Trollheimen.
Rapportering 2019
Det blei i 2019 utbetalt fastsette årlege erstatningar til 45 personar.
Utgifter til beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet Reinbeiteforening for driftsåret 2018/2019 er dekte over denne posten.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 0,5 mill. kroner.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon
Formål med løyvinga
Formålet med ordninga er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Rapportering 2019
Skadegjerarar i planteproduksjon
Erstatning i planteproduksjon var i 2019 på omlag 6,27 mill. kroner for sanering av tospovirus i produksjon av begonia, bakteriebladflekk i jordbærproduksjon og fôrsanering av soppsjukdomen laukkvitråte i laukproduksjon.
Pålagd slakting
Som i 2018 er årsaka til kostnadene i hovudsak relatert til erstatning etter pålegg om sanering for multiresistente stafylokokkar i svinebesetningar (MRSA). All utbetaling for MRSA-sanering blei gjort etter påvisning av smitte tidlegare år og i all hovudsak knytt til ein besetning i Nordland. Øvrige husdyrsjukdommar medførte i 2019 12,5 mill. kroner i erstatning.
MRSA-kompensasjon
Det har i fleire år vore ei omfattande sanering av LA-MRSA i norske svinebesetningar. Det har ført til ein auke i utbetalingar i 2019.
Radioaktivitet
Forureininga etter atomulykka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruken enkelte stader på Indre Austlandet og i Midt-Noreg. For å motverke dette blir det brukt giesesalt, som reduserer opptaket av radioaktivt cesium i dyr på beite. For høge verdiar av radioaktive stoff kan føre til at slaktet ikkje kan brukast til mat. Omfanget av erstatningsutbetalingar er i stor grad knytt til omfanget av sopp på utmarksbeite seint i beitesesongen og til omfanget av kontrollmåling av radioaktivitet. Det var som vanleg mest nedfôring i Oppland, og utbetalt kompensasjon var under gjennomsnittet for dei siste fem åra i alle fylke med unntak av Nordland.
Landbruksdirektoratet kjøpte i 2019 inn nytt lager av saltslikkestein tilsett giesesalt samt giesesalt for tilsetting i kraftfôr som førebyggjande tiltak for beitedyr i radioaktive område.
Ny rammeavtale for produksjon og lagring av saltslikkestein tilsett giesesalt og giesesalt for tilsetting i kraftfôr blei òg inngått i 2019. Det er behov for å gjere innkjøp til ny lagerbehaldning annakvart år. I tråd med den nye rammeavtalen vil kvart innkjøp fram i tid bli på om lag 10,9 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 55,6 mill. kroner.
Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt
Formål med løyvinga
Løyvinga på posten blir brukt til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.
Rapportering 2019
Mattilsynet gjorde ingen vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite i 2019 som førte til utbetalingar av kompensasjon same år.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner.
Post 75 Tilskott til klimarådgiving på gardar
Formål med løyvinga
Tilskottsordninga omfattar både etablering av metodar for datafangst og eit system for klimarådgiving på gardar i regi av Norges Bondelag. Prosjektet blir drive av Landbrukets Klimaselskap.
Rapportering 2019
Løyvinga er frå budsjettåret 2019 flytta til kap. 1150, post 50 Landbrukets utviklingsfond. Det er i 2019 utbetalt 7 mill. kroner på posten. Dette var overførte midlar frå 2018 til 2019 som følgje av at enkelte aktivitetar blei utsette.
Post 76 Tilskott til oppkjøp av mjølkekvoter
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere ein del av oppkjøpet av 40 mill. liter mjølkekvote for å tilpasse den nasjonale mjølkeproduksjonen etter at moglegheita for eksportsubsidiar blei teken bort frå 1. juli 2020.
Eksportsubsidiane til mjølk har i hovudsak blitt brukte til sal av Jarlsbergost i USA. Tine har etter endringa lagt opp til at denne produksjonen skal skje i Irland. Det reduserer grunnlaget for norsk mjølkeproduksjon tilsvarande. Partane i jordbruksoppgjeret blei den 16. oktober 2019 samde om å gjennomføre ei tidsavgrensa oppkjøpsordning med sikte på å kjøpe ut 40 mill. liter mjølk. Avtalen innebar at staten skulle dekkje 5 kroner per liter av kostnaden opp til maksimalt 200 mill. kroner. Kostnadene utover dette blir dekte av omsetnadsavgifta. Det blei fastsett ulik pris i kvar av kvoteregionane, og den samla kostnaden ved heile kvotekjøpet på 40 mill. liter er berekna til 537 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2021
Det er per 1. juni 2020 godkjent sal tilsvarande 37,7 mill. liter kvote. Selde kvoter skal løysast inn i 2021, og heile beløpet må budsjetterast dette året som ei eingongsløyving. Med eit statleg bidrag tilsvarande 5 kroner per liter gir det eit tilskott på 188,5 mill. kroner.
Landbruksdirektoratet administrerer oppkjøpsordninga. Oppkjøpet skal gjennomførast med finansiering frå Omsetnadssrådet sitt fond, og midlane på posten skal overførast dit. Departementet legg til grunn at om enkelte produsentar skulle trekkje seg frå ordninga, blir unytta løyving betalt tilbake.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 188,5 mill. kroner.
Post 77 Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å gi kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald. Stortinget vedtok 13. juni 2019 lov om forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019). Med dette har Stortinget vedteke eit forbod mot hald av pelsdyr etter 1. februar 2025 og at departementet kan gi forskrifter om økonomisk kompensasjon og om tilskott til omstilling til oppdrettarar som heldt pelsdyr 15. januar 2018.
Departementet fastsette 27. november 2019 forskrift om kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Stortinget fatta 11. februar 2020 fleire oppmodingsvedtak knytte til kompensasjonsordninga. Mellom anna blei det fatta vedtak der regjeringa blei bedt om å endre kompensasjonsordninga, slik at det blir gitt kompensasjon som om det dreier seg om eit ekspropriasjonsarta inngrep. Regjeringa arbeider med oppfølging av vedtaka knytte til kompensasjonsordninga. Fram til endringane blir sette i verk, kan pelsdyroppdrettarar som har avvikla drifta, søkje kompensasjon etter gjeldande ordning. Dei vil få høve til å søkje på nytt og få utbetalt eventuell tilleggskompensasjon når den nye ordninga er på plass.
I tillegg til kompensasjonsordninga som skal endrast, blir ein del etablerte ordningar førte vidare i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak. Dette gjeld kompensasjon for kostnader til riving og opprydding etter avvikling av pelsdyrhaldet og kompensasjon for lågare alderspensjon til visse pelsdyroppdrettarar.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga.
Kompensasjonen er ei regelstyrt ordning, og løyvinga vil bli tilpassa naudsynte utbetalingar. Den enkelte vil få utmålt og utbetalt kompensasjon etter fastsett regelverk. I praksis er difor kompensasjonsordninga å rekne som ei overslagsløyving.
Rapportering 2019
Det blei motteke ein søknad i 2019 om kompensasjon ved avvikling av pelsdyr.
Budsjettframlegg 2021
Det er knytt uvisse til kva som er rett nivå på løyvinga på posten, mellom anna fordi nytt regelverk ennå ikkje er fastsett. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 350,0 mill. kroner.
Post 78 Tilskott til omstilling for pelsdyroppdrettarar
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å lette omstillinga for pelsdyroppdrettarar i samband med forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019). Dette omfattar i hovudsak ei ordning med tilskott til omstilling som blir forvalta av Innovasjon Norge. Løyvinga vil òg bli nytta til tilskott til arbeidsretta kompetanseheving for pelsdyroppdrettarar, forvalta av Landbruksdirektoratet. Posten var ny i budsjettåret 2020.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordningane.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,0 mill. kroner.
Post 80 Radioaktivitetstiltak
Formål med løyvinga
Staten sitt ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa gjorde om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dialog mellom avtalepartane, på same måte som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Mattilsynet overvakar nivået for radioaktivitet, og fastset grenseverdiar for radioaktivitet i mellom anna reinkjøtt. Dersom reinkjøttet i eit område ligg over grenseverdien, kan det givast tilskott som kompensasjon for ekstrakostnader knytte til dette.
Rapportering 2019
I 2019 var nivået for radioaktivitet på eit så lågt nivå at det ikkje var behov for tiltak.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,5 mill. kroner.
Kap. 4142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
01 | Driftsinntekter, refusjonar m.m. | 53 907 | 44 363 | 45 554 |
Sum kap. 4142 | 53 907 | 44 363 | 45 554 |
Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.
Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har i samband med mellom anna sekretariatet for Omsetnadsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
71 | Naturskade – erstatningar, overslagsløyving | 67 452 | 168 000 | 159 000 |
Sum kap. 1148 | 67 452 | 168 000 | 159 000 |
Post 71 Naturskade, erstatningar
Formål med løyvinga
Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Søknader om erstatning for naturskadar etter naturskadeerstatningslova blir handsama etter ein rein forvaltningsmodell. Landbruksdirektoratet avgjer sakene i førsteinstans, mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker som klageinstans.
Rapportering 2019
I 2019 blei det handsama 370 saker. Det blei gitt tilsegner om erstatning for om lag 80 mill. kroner. Utbetalingane i 2019 var på om lag 72 mill. kroner og gjeld erstatningssaker for 2018 og tidlegare år. Tilsegner om erstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år.
Ansvaret som utgjer gitte, men ikkje innfridde tilsegner om erstatning, var 31. desember 2019 på om lag 82,8 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 159,0 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 87,0 mill. kroner for 2021, jf. tabell 2.7 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 2.7 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2021 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2020 | 82,8 | |
+ | Venta tilsegner i 2020 | 153,0 |
= | Sum | 235,8 |
- | Venta erstatningsutbetalingar i 2020 | 149,8 |
= | Venta ansvar 31.12.2020 | 86,0 |
+ | Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a. | 7 |
+ | Venta nye tilsegner i 2021 | 153,0 |
= | Sum | 246,0 |
Forslag til løyving i 2021 | 159,0 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2021 | 87,0 |
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover.
Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning over Statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. Det knyter seg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Dette kjem av at omfanget av naturulukker varierer frå år til år, og at erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Vidare er fristen for utbetring tre år, noko som òg verkar inn på den årlege utbetalinga. Ved budsjetteringa av løyvinga blir difor normalt eit gjennomsnittsår for naturskadar lagt til grunn, og det er i tillegg knytt ei tilsegnsfullmakt til posten.
Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn målretta og utvida innsats når det skjer store naturulukker.
Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.
Løyvinga skal dekkje innfriing av både tilsegner som blir gitt i 2021, og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulukker eller aukar verknaden av ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje utgifter som trengst til ekstrahjelp, og vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systemet for ordninga. I tillegg skal utgifter til Klagenemnda for naturskadesaker dekkjast av posten.
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 506 | 3 488 | 4 971 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 92 300 | 78 774 | 72 674 |
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 51 606 | 38 944 | 44 690 |
Sum kap. 1149 | 147 412 | 121 206 | 122 335 |
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl.res. datert 25. februar 1977, med endringar sist av 4. desember 2014. Fondet har til oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet.
Rapportering 2019
I 2019 blei det løyvd 3,5 mill. kroner til fondet. I alt fekk ni nye prosjekt tilskott.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 5,0 mill. kroner til Utviklingsfondet for skogbruket. Midlane frå fondet vil i første rekkje gå til brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
Formål med løyvinga
Skogen og eit aktivt skogbruk gir viktige bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet, i tillegg til viktige klimagevinstar. For å styrkje desse bidraga vil regjeringa leggje til rette for at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke i bruk, mellom anna ved auka hogst, hausting av virke til biobrensel og oppbygging av ny skog. Ein formålstenleg infrastruktur, med samanhengande betre standard frå skog til industri og vidare til marknadene, er eit satsingsområde for regjeringa. Som det går fram av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, og strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling (2019), er ein god infrastruktur avgjerande for konkurransekrafta til skogsektoren og for det positive bidraget til verdiskaping for distrikta og landet som skogsektoren gir. Løyvinga skal bidra til vidareutvikling av ein betre transportinfrastruktur for skog- og trenæringa i tillegg til andre verdiskapingstiltak i skogbruket.
Rapportering 2019
Det blei utbetalt om lag 92,3 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket over posten i 2019, under dette 65,5 mill. kroner til tømmerkaier og 26,8 mill. kroner til vegar. Det blei gitt tilsegn om midlar til fem tømmerkaiprosjekt langs kysten: Lierstranda i Buskerud, Fusa i Vestland, Stokmarknes, Steigen og Andøya i Nordland. Til saman blei det gitt tilsegn på 53,9 mill. kroner til tømmerkaiprosjekt i 2019.
Det blei bygd om lag 137 km nye skogsbilvegar og bygd om om lag 368 km eldre skogsbilvegar i 2019. Dette er ein auke frå 2018. Aktiviteten må sjåast i samanheng med løyvingane til det same formålet over kap. 1150, post 50.
Ansvaret på posten 31. desember 2019 var på 117,3 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 72,7 mill. kroner til verdiskapingstiltak i skogbruket i 2021.
Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene. Behovet for investeringar i infrastruktur er stort over heile landet, men kyst- og innlandsfylka har ulike utfordringar. I mange av kystfylka står mykje av den skogen som i dag er hogstmoden, eller som snart blir det, langt frå veg eller i vanskeleg tilgjengeleg terreng, noko som gjer det kostnadskrevjande å utnytte ressursane. I innlandsfylka er ein stor del av skogsvegnettet gammalt og treng opprusting for å oppfylle transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller.
Tilskott til investeringar i betre skogsvegar er målretta og prioriterte tiltak for auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport. Desse investeringane vil òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket, mellom anna gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å utvikle skogsvegnettet vidare.
Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av tømmer, flis og andre treprodukt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Tømmerkaier er blitt stadig viktigare som følgje av endringar i marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra, òg i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet. Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk knytt til tømmer. Gode planprosessar og overføring av kunnskap og erfaring frå prosjekt til prosjekt er viktig i dette arbeidet. Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med tilskott til kaiprosjekt for departementet.
Infrastrukturtiltaka har positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar og styrkjer konkurransekrafta i skognæringa. Som for 2020 vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak der investeringane skjer over fleire år.
Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som det blir gitt tilsegn, gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2021 på 126,3 mill. kroner for å kunne dekkje ansvar frå tidlegare år, jf. tabell 2.8 og framlegg til vedtak IV. Beløpet er basert på ein prognose frå Landbruksdirektoratet.
Tabell 2.8 Tilsegnsfullmakt til infrastrukturtiltak i 2021 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2020 | 117,3 | |
+ | Venta tilsegner i 2020 | 77,7 |
= | Sum | 195,0 |
- | Venta utbetalingar i 2020 | 78,8 |
= | Venta ansvar 31.12.2020 | 116,2 |
+ | Venta nye tilsegner i 2021 | 82,8 |
= | Sum | 199,0 |
Forslag til løyving i 2021 | 72,7 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2021 | 126,3 |
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak
Formål med løyvinga
Skogen speler ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for tiltak som kan ta vare på eller styrkje karbonlageret i skogen, og slik at meir bruk av fornybart skogråstoff kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.
Posten omfattar òg bidrag til stiftinga Det norske Skogfrøverk, som har som oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Bidraget frå departementet er basert på ein avtale med Skogfrøverket om forvaltningsoppgåver frå 1995.
Rapportering 2019
Det blei løyvd 38,9 mill. kroner til tilskott til skog-, klima- og energitiltak i 2019.
Av dette blei det sett av 24 mill. kroner til klimatiltaka tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. Når overførte midlar frå 2018 blir tekne med, viser rekneskapen at det blei gitt om lag 31 mill. kroner i tilskott til tettare planting på 266 000 dekar. Det blei vidare gitt tilskott på om lag 5,5 mill. kroner til gjødsling av om lag 37 500 dekar. Det blei òg løyvd 8,8 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Det blei òg gitt ei ekstra løyving på 6 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga som eit klimatiltak i skogbruket.
Det blei dessutan løyvd 650 000 kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) for det norske bidraget til det nordisk-baltiske prosjektet Future Forest. Prosjektet har som formål å definere bruksområde for gran- og furuproveniensar i Norden. Det norske bidraget er ei oppfølging av utgreiinga om moglegheitene for meir nordisk samarbeid i skogfrø- og skogplanteforsyninga, og det er venta at resultata vil gi grunnlag for bruk av plantemateriale som er betre tilpassa klimaet i Norden.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 44,7 mill. kroner til klimatiltak i skog, som oppfølging av klimaforliket og Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid.
Landbruksdirektoratet forvaltar ordningane med tilskott til tettare planting og gjødsling. Klimatiltaka blir rekna som kostnadseffektive og er blant dei billigaste klimatiltaka som kan gjennomførast nasjonalt. Tiltaka har eit langsiktig potensial til å auke opptaket av CO2 i skog med 3,7 mill. tonn CO2 årleg. Ordningane er baserte på skog- og miljøfaglege kriterium utarbeidd av Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.
Skogplanteforedling av treslaget gran er ein viktig del av forvaltningsoppgåvene til Skogfrøverket. Skogfrøverket fornyar no frøplantasjar med det beste materialet frå plantasjar av gran som blei etablerte i 1960- og 1970-åra. Fornying av skogfrøplantasjar er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak, og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er òg ønskjeleg at større delar av landet får tilgang til foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar, og at det blir starta eit foredlingsprogram for furu. Departementet gjer framlegg om ei løyving til Skogfrøverket på 9 mill. kroner til forvaltningsoppgåver og 6 mill. kroner til arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og utvikling.
Departementet vil òg gi ei løyving til prosjektet PlanteValg ved NIBIO på om lag 650 000 kroner. Dette prosjektet tek i bruk resultata frå prosjektet Future Forest. Arbeidet er no i ein ny fase der det blir lagt til rette for at modellar for tilpassing og bruksområde for gran og furu blir teke inn i ei digital nettløysing. Prosjektet PlanteValg skal gi skogeigaren og vegleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale for forynging av skog. Desse klimatiltaka vil auke opptaket av karbon i skogen. Tiltaka vil samstundes styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 26 280 | 14 533 | 18 400 |
50 | Tilskott til Landbrukets utviklingsfond | 1 193 933 | 1 250 553 | 1 295 553 |
70 | Marknadstiltak, kan overførast | 303 750 | 303 747 | 273 145 |
71 | Tilskott ved avlingssvikt, overslagsløyving | 380 652 | 43 000 | 46 500 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 3 529 660 | 3 800 600 | 3 896 050 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 8 939 538 | 9 404 044 | 9 566 800 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 257 381 | 281 980 | 291 309 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 476 968 | 1 547 195 | 1 553 145 |
Sum kap. 1150 | 16 108 162 | 16 645 652 | 16 940 902 |
Formål med løyvinga
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som fører til ei god måloppnåing både for næringa og for samfunnet. Ei vurdering av hovudmåla post for post på budsjettkapitlet gir ikkje fullgod informasjon. Difor er det heller ikkje tenleg å ha ei eiga resultatrapportering på kvar enkelt ordning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar og for bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadstiltak og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150, post 70 og 73, og i nokon grad under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd, skil seg òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane), fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Naudsynt kontroll blir sikra gjennom kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, post 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium slik som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane er i hovudsak tiltak for å refundere kostnader til avløysing for sjukdom og mogelegheit for ferie/fritid i verksemder som krev arbeid alle dagar i året. Ein står her overfor den same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld òg for ordninga med tilskott til veterinære reiser, der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår om kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet direkte til ein sams mottakar, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent, som så betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til Folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Tilskott til skogkultur og miljøtiltak
Tilskott til skogkultur og miljøtiltak, som blir løyvde med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter. Søknad blir sendt kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og tilskottsbrevet frå kommunen inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal brukast til, eller kva rapporteringskrav som gjeld.
Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta. Årlege kunngjeringar gir informasjon om kva tiltak som gir rett til tilskott, og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Dersom løyvingsramma er avgrensa, kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott, kan dekkjast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifiseringa av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak.
Forvaltning
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, over kap. 525 til fylkesmennene i budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, over kap. 571 rammetilskottet til kommunane og kap. 572 rammetilskottet til fylkeskommunane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Løyvinga over kap. 1150, post 21 skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT- og fagsystem i Landbruksdirektoratet for forvaltning av tilskott over kap. 1150. For å kunne ha fleksibilitet kan det òg i nokre tilfelle vere aktuelt å dekkje utviklings- og utgreiingskostnader over tilskottsordningane.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane er førstelinestyresmakt for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som omtalt ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I tilfelle der ikkje-statlege aktørar er tilskottsforvaltarar har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. Departementet legg til grunn at tilskottsforvaltninga likevel skjer innanfor statsforvaltninga.
Departementet og dei som tilskottsforvaltninga er delegert til, arbeider kontinuerleg med å få eit så godt kontrollsystem som mogleg. Det er etablert prosessar for å styrkje den kontrollfunksjonen fylkesmennene har på landbruksområdet. Det blir mellom anna set krav til fylkesmannsembeta om at dei kvart år skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre føretakskontroll og forvaltningskontroll av kommunar. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga har fylkesmannen og Landbruksdirektoratet ei kontinuerleg oppfølging gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, og særskilde samlingar og kompetansetiltak retta mot dei landbruksansvarlege i kommunane.
Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt gode resultat. Likevel er det framleis utfordringar med kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Det gjeld særleg å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at fylkesmannen og kommunane får ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.
Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på at systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og den rolla kommunane har i tilskottsforvaltninga må bli betre. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette området vidare framover.
Rapportering 2019
Ved sida av å produsere varer og tenester for ein marknad er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekkje fellesgode, det vil seie gode som ikkje kan omsetjast i ein marknad. Verkemidla bidreg til at hovudmåla for politikken blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad i kombinasjon med produksjon av fellesgode.
For å nå hovudmåla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å bidra til lønsam produksjon over heile landet, for å optimalisere den geografiske produksjonsdelinga og i nokon grad påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, det vil seie at dei på same tid verkar inn på fleire av måla. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke, vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.
Når det gjeld måla for landbrukspolitikken, som er omtalte mellom anna i del I, er det òg fleire verkemiddel for å nå desse, både over jordbruksavtalen og over andre kapittel i budsjettet. Det omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, verkemidlar for matsikkerheit m.m. Produksjon av trygg mat er òg ein grunnleggjande føresetnad for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Dessutan er dette tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar. Alt i alt gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelte tiltak, men på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. Kapittel 2 i Prop. 118 S (2019–2020) om jordbruksoppgjeret 2020 gir ei oversikt over sentrale utviklingstrekk for dei måla som er relevante for dei verkemidla som er omfatta av jordbruksavtalen. Sjå elles resultatrapporteringa i del III.
Produksjons- og marknadsutvikling
I perioden 2011 til 2020 har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 4,9 pst. i følgje normalisert rekneskap. Produksjonen av husdyrprodukt har i perioden auka med 5,5 pst., men etterspørselen etter produkt frå det grasbaserte husdyrhaldet har stagnert dei siste åra. Likevel har produksjonen av storfekjøtt auka, slik at reduksjonen i etterspørselen er teken som ein reduksjon i import. Produksjonen av fjørfekjøtt og egg har auka med om lag 27 pst. sidan 2011.
Produksjonen av planteprodukt har i same periode auka med 3,6 pst. Dei første åra etter 2011 gjekk arealet til planteproduksjon ned og avlingsutviklinga var svak, mellom anna som følgje av dårleg vær. Sidan 2013 har produksjonen av planteprodukt auka, mellom anna som følgje av fleire gode kornår. Unntaket er tørkesommaren 2018, der kornproduksjonen gjekk ned med 48 pst. samanlikna med 2017. Det er grunn til å tru at utviklinga i kornarealet til 2019 er påverka av at fleire produsentar ønskte å byggje opp fôrlageret dei mista i 2018, og dermed produserte gras framfor korn på enkelte areal. Produksjonen av grønsaker har i same periode auka med nær 30 pst., og produksjonen av frukt har hatt ein auke på opp mot 15 pst.
Sjølvforsyningsgrad/heimemarknadsdel
Sjølvforsyningsgraden syner heimemarknadsdelen målt som energi, dvs. kor mykje av maten som blir konsumert som er produsert i Noreg, og er eit av fleire mål på kva marknadsdel den norske matsektoren har i den norske matmarknaden. Sjølvforsyningsgraden for varer produsert i jordbruket er påverka av dei naturgitte produksjonsforholda, vêret, ulike krav til kvalitet, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og internasjonale avtalar om handel. I berekninga av sjølvforsyningsgraden blir det ikkje teke omsyn til eksport, eller til moglegheita for å leggje om produksjonen til produkt med høgare energigrad om landet kjem i ein situasjon som skulle krevje det. Sjølvforsyningsgrad er difor ikkje noko godt mål på moglegheitene til å dekkje behovet av matvarer med nasjonal produksjon, til dømes i ein situasjon der all import blir stoppa over lengre tid.
Sjølvforsyningsevna seier noko om kva som kan gjerast i ein krisesituasjon, for å sikre befolkninga forsyning av energi og andre næringsstoff for eit fullverdig kosthald. Dette målet inkluderer omlegging av forbruk i retning energirike plantevekstar, korn, poteter og grønsaker, og ei dreiing av produksjonen mot tilsvarande produkt. Ein krisesituasjon vil òg ofte føre til endringar i produksjonen som følgje av risikoen for redusert tilgang på innsatsmidlar som maskinar og reiskapar, reservedelar, gjødsel og andre driftsmiddel. For å berekne sjølvforsyningsevna må ein definere kva slags krise det er snakk om.
Tala for sjølvforsyning er utarbeidd i april, før dei nye anslaga for produksjon og inntekt var klare. Det er difor nytta tal frå 2010 til 2019.
Tabell 2.9 Andelen av matvareforbruket på energibasis som er produsert i Noreg, 1979–2019 (i prosent)
1979 | 1989 | 1999 | 2009 | 2017 | 2018 | 20191 | 20193 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Korn som mjøl2 | 13 | 23 | 33 | 34 | 38 | 20 | 21 | 27 |
Poteter, friske | 93 | 99 | 81 | 79 | 78 | 55 | 72 | 1,2 |
Potetprodukt | 67 | 93 | 75 | 85 | 73 | 82 | 81 | 2,0 |
Potetmjøl4 | 75 | 84 | 100 | 99 | 87 | 89 | 88 | 0,8 |
Sukkervarer, honning | 2 | 3 | 0 | 1 | 1 | 1 | 1 | 9,5 |
Grønsaker | 72 | 73 | 57 | 48 | 50 | 45 | 46 | 1,8 |
Frukt og bær | 29 | 27 | 6 | 5 | 5 | 6 | 6 | 4,1 |
Kjøtt | 92 | 97 | 97 | 95 | 92 | 95 | 95 | 13,0 |
Storfe | . | . | 96 | 89 | 81 | 86 | 86 | 2,8 |
Kalv | . | . | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 0,0 |
Sau/Lam | . | . | 98 | 95 | 99 | 97 | 98 | 0,9 |
Geit | . | . | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 0,0 |
Hest | . | . | 100 | 100 | 98 | 98 | 97 | 0,0 |
Svin | . | . | 97 | 98 | 97 | 97 | 97 | 6,7 |
Fjørfe | . | . | 99 | 98 | 98 | 98 | 97 | 2,2 |
Rein | . | . | 76 | 99 | 100 | 100 | 100 | 0,1 |
Vilt | . | . | 96 | 97 | 93 | 93 | 94 | 0,2 |
Kjøttbiprodukt | 86 | 96 | 98 | 98 | 99 | 99 | 98 | 0,7 |
Egg | 100 | 100 | 97 | 99 | 99 | 99 | 98 | 1,6 |
Fisk | 94 | 88 | 80 | 80 | 80 | 80 | 80 | 1,8 |
Mjølk | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 3,9 |
Yoghurt | . | . | 99 | 98 | 87 | 87 | 88 | 1,2 |
Konserv. mjølkeprod. | 86 | 100 | 100 | 99 | 99 | 99 | 99 | 2,7 |
Fløyte, inklusive rømme | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 2,5 |
Ost | 97 | 97 | 95 | 89 | 85 | 84 | 83 | 6,4 |
Smør | 92 | 100 | 99 | 97 | 98 | 98 | 98 | 2,8 |
Margarin | 44 | 40 | 20 | 20 | 20 | 20 | 20 | 6,0 |
Anna feitt | 60 | 20 | 20 | 20 | 20 | 20 | 20 | 3,7 |
Erter, nøtter og kakao | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 5,6 |
Ris | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 1,8 |
Norskprodusert i alt (sjølvforsyningsgrad) | 49 | 50 | 47 | 49 | 50 | 45 | 45 | |
Produsert i norsk jordbruk | 41 | 44 | 45 | 47 | 49 | 44 | 44 | |
Produsert i norsk jordbruk, på norsk fôr | 35 | 36 | 43 | 43 | 36 | 36 |
1 Førebelse tal
2 Inkludert bakevarer
3 Matvara sin del av det samla engrosforbruket (uavhengig av norsk eller import)
4 Omrekna til friske poteter f.o.m. 1999
Kjelde: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Sjølvforsyningsgraden blir rekna for det året produksjonen blir nytta. Avlingssvikten som følgje av tørken sommaren 2018 påverka dermed sjølvforsyningsgraden både for 2018 og 2019. At produksjonen av korn om lag blei halvert samanlikna med eit normalår hadde særleg innverknad på dette.
For husdyrprodukt er sjølvforsyningsgraden i Noreg gjennomgåande høg. Den norskproduserte delen av kjøtt er om lag 95 pst. av totalforbruket. Husdyrprodukt har høgt innhald av protein, og sjølvforsyningsgraden for protein er om lag 70 pst. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden for energirike planteprodukt til mat er klart lågare. Fleire energirike vekstar kan ikkje produserast i Noreg, og frukt- og grøntsektoren er i konkurranse med import.
Sjølvforsyningsgraden seier ikkje noko om kvar innsatsvarane i produksjonen kjem frå. Mange av produksjonsmidla i jordbruket blir importerte. Etter fleire år med reduksjon, auka den samla delen av norske råvarer i kraftfôret i perioden 2014 til 2017. Årsaka til dette var i stor grad gode kornavlingar, men òg auka merksemd bruken av norske råvarer i kraftfôret dei siste åra. I 2018 og 2019 er delen norsk råvare i kraftfôret redusert som følgje av avlingssvikta for korn sommaren 2018.
Tabell 2.10 Andelen av råvarer i kraftfôr til husdyr som er produsert i Noreg, 2001–2019 (i prosent)
2001 | 2005 | 2010 | 2015 | 2017 | 2018 | 20191 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Feitt | 72 | 62 | 50 | 49 | 56 | 52 | 55 |
Karbohydrat | 83 | 89 | 77 | 73 | 78 | 73 | 60 |
Protein | 23 | 16 | 17 | 5 | 5 | 4 | 4 |
Til saman | 74 | 76 | 65 | 55 | 60 | 57 | 48 |
1 Førebelse tal
Kjelde: Landbruksdirektoratet
Andelen av norsk råvare i kraftfôret blir òg påverka av dei proteinkjeldene som blir nytta i fôret. Dei siste åra har soya som proteinkjelde blitt redusert og erstatta av proteinråvarer med høgare karbohydratinnhald. Det gir mindre rom for bruk av norsk fôrkorn. Den norskproduserte kveiten er etterspurt som råvare i kraftfôrproduksjonen, og auka produksjon av kveite kan bidra til å auke norskdelen i kraftfôret. Sjølv om det i normalår er rom for å auke kornproduksjonen, gjorde gode kornavlingar i 2019 at det berre har vore behov for å importere eit mindre kvantum korn til kraftfôr i første halvår av 2020. Dei høge kornavlingane i 2019 har òg gjort det naudsynt å skrive ned 34 000 tonn matkorn av haustkveite til fôrkorn, og å lagre om lag 15 000 tonn matkveite over til neste sesong. Desse tiltaka har blitt finansierte med omsetnadsavgift. Ved utgangen av sesongen 2018–2019 var lageret av matkorn 38 pst. av årleg forbruk.
Norskdelen av feitt og protein i kraftfôret har vore relativt stabil på eit lågare nivå enn tidlegare, som følgje av forbod mot bruk av animalsk protein i dyrefôr; kjøttbeinmjøl frå 2003 og fiskebeinmjøl frå 2010. Norskprodusert protein frå jordbruket konkurrerer i stor grad om dei mest produktive areala, som er eigna for korn og matvekstar. I kraftfôret blir det nytta feitt frå råvarer som erter og oljefrø. Norskprodusert vare held god kvalitet, men nytta er likevel avgrensa fordi eigenskapane til feittet i desse råvarene ikkje heilt kan erstatte importert vare.
Arealutvikling og geografisk fordeling av produksjonane
Eit av måla for landbrukspolitikken er eit aktivt og lønsamt jordbruk over heile landet, med produksjonar og næringsverksemd som byggjer på lokale ressursar. Noreg har i overkant av 3 pst. jordbruksareal, spreidd over alle landsdelar og fylke. Det samla jordbruksarealet auka fram til 1998, men har i åra etter gått noko ned. I perioden 2005 til 2013 blei nytt kartverk teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. I denne perioden blei jordbruksarealet i drift i snitt redusert med 60 000 dekar kvart år. Etter 2013, då overgangen til nytt system var fullført, har den årlege arealreduksjonen vore på 8 000 dekar. Frå 2018 til 2019 blei det samla jordbruksarealet i drift redusert med 0,4 pst.
Tabell 2.11 Jordbruksarealet fordelt på vekstar, 1999–2019 (i 1 000 dekar)
1999 | 2010 | 2016 | 2017 | 2018 | 20191 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Kveite | 516 | 721 | 668 | 758 | 587 | 800 |
Rug, rugkveite | 27 | 68 | 46 | 84 | 33 | 92 |
Bygg | 1 826 | 1 462 | 1 376 | 1 349 | 1 480 | 1 300 |
Havre | 913 | 761 | 762 | 676 | 698 | 548 |
Olje-/belgvekstar | 64 | 82 | 66 | 49 | 65 | 62 |
Sum korn og oljevekstar | 3 345 | 3 093 | 2 917 | 2 915 | 2 863 | 2 802 |
Poteter | 149 | 132 | 120 | 117 | 116 | 117 |
Andre grovfôrvekstar | 317 | 119 | 91 | 96 | 111 | 107 |
Grønsaker | 46 | 61 | 73 | 71 | 73 | 73 |
Andre vekstar åker og hage (inkl. brakk) | 138 | 131 | 131 | 119 | 113 | 114 |
Sum åker og hage | 3 995 | 3 536 | 3 332 | 3 318 | 3 276 | 3 213 |
Eng og beite på dyrka jord | 4 876 | 4 766 | 4 750 | 4 727 | 4 787 | 4 820 |
Natureng og overflatedyrka jord til slått og beite | 1 511 | 1 758 | 1 755 | 1 806 | 1 800 | 1 789 |
Jordbruksareal i drift til saman | 10 383 | 10 060 | 9 837 | 9 851 | 9 863 | 9 822 |
1 Førebelse tal
Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket
Reduksjonen i jordbruksareal i drift frå 2010 til 2019 har i hovudsak skjedd på Vestlandet og i Nord-Noreg. På Austlandet har det samla jordbruksarealet gått ned med 0,3 pst. i perioden, samstundes som arealet til eng og beite har auka med 0,6 pst. Ei årsak til dette er mellom anna auka hald av storfe og sau. I nokre område bidreg dette til redusert avrenning til vassdrag fordi det blir meir grasdekke mellom dyrka mark og vassdrag. Kornarealet har gått ned med 9,4 pst. sidan 2010. Truleg heng reduksjonen i kornarealet i 2019 saman med behovet for å byggje opp lager med grovfôr etter tørkesommaren 2018.
Kvart år blir det omdisponert noko jordbruksareal til andre formål, til dømes bustadområde og infrastruktur. Stortinget har sett som mål at innan 2020 skal det ikkje omdisponerast meir enn 4 000 dekar. I 2018 blei det omdisponert 3 600 dekar dyrka jord. Dette er det lågaste registrerte talet sidan registreringane starta i 1976.
Den geografiske fordelinga av produksjon er viktig for det samla produksjonsvolumet og for å nå målet om landbruk over heile landet. Produksjon av kumjølk blir styrt av eit kvotesystem som gjer at den regionale fordelinga av produksjonen i stor grad blir oppretthalde. Trass i dette har produksjonen av kumjølk gått noko ned i Agder/Telemark og på Austlandet, mens den har auka noko i Trøndelag. Oppkjøpet av mjølkekvotar gjennom den ekstraordinære oppkjøpsordninga i 2020, hadde som føresetnad at den geografiske fordelinga av produksjonen så langt det var mogleg skulle oppretthaldast. Delen kvote som blei kjøpt opp i kvar produksjonsregion, blei difor berekna ut frå den disponible kvota til regionen. Likevel kan ein forvente mindre geografiske endringar i mjølkeproduksjonen frå 2021 som resultat av at nokre regionar har fylt si kvote for oppkjøp, mens andre regionar ikkje har gjort det.
Produksjonen av storfekjøtt har auka i heile landet, men auken har vore størst i Agder/Telemark, Rogaland og Trøndelag. For sau har endringane i produksjonen frå 2014 til 2019 vore mindre i fleire regionar, med unntak av Trøndelag som har hatt ein sterk auke og Nord-Noreg som har hatt ein reduksjon. Arealet for eng og beite har auka i Trøndelag. Åkerarealet har gått ned i heile landet, men mest på Vestlandet og i Rogaland.
Inntektsutviklinga i jordbruket
Inntektsutviklinga i jordbruket har vore prega av overproduksjon i fleire sektorar, noko som har gitt inntektstap for produsentane. I samsvar med jordbruksavtalen har jordbruket det økonomiske ansvaret for overproduksjon. Etterspørselen etter produkt frå grasbasert husdyrhald har stagnert. Hausten 2017 var prega av mykje regn på Vestlandet, mens ekstrem tørke ramma sesongen 2018. Året 2019 gav gode avlingar. Samtidig starta arbeidet med å redusere mjølkeproduksjonen i samband med at eksportsubsidiane for mjølk blei avvikla. Det gav auka omsetnadsavgift frå 2019. Samtidig auka utrekna realrente i 2019.
Budsjett for 2020
Dei forenkla forhandlingane om jordbruksavtalen blei gjennomførte utan at det låg føre grunnlagsmateriale for 2020 frå Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ). I tillegg avlyste SSB publiseringa av makroøkonomiske prognosar i mars. I juni la BFJ, på vanleg måte, fram tal inkludert verknaden av jordbruksavtalen, med budsjett for inntektsutviklinga frå 2019 til 2020.
I normalisert rekneskap blir vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk redusert med 6 pst. frå 2018 til 2019. Budsjettnemnda for jordbruket reknar med ein auke på om lag 16 ½ pst. frå 2019 til 2020. Den budsjetterte inntektsauken i 2020 kjem av både auka produksjon, betre marknadsbalanse, og stor reduksjon i kostnader til diesel, straum og renter. Samstundes aukar inntektsverdien av jordbruksfrådraget, som i jordbruksavtalen i 2019 blei utvida frå og med inntektsåret 2020.
Budsjettnemnda for jordbruket er tydeleg på at det er stor uvisse om anslaget for 2020. Det skjer framleis store endringar i marknaden og dei makroøkonomiske tala er ustabile. Det bidreg til at inntektstala for jordbruket endrar seg mykje frå år til år, og inntektsutviklinga bør vurderast over nokre år. Figur 2.4 viser inntektsutviklinga dei siste åra i Totalkalkyla, normalisert rekneskap, med budsjett for 2020, rekna ut av Budsjettnemnda for jordbruket i juni 2020.
Dersom inntektsutviklinga i 2020 blir slik prognosane tilseier, vil jordbruket under regjeringa Solberg (2014 til 2020) kunne få ein inntektsauke per årsverk på om lag 31 ½ pst. Lønsauken for lønsmottakarane for same periode ser ut til å bli 16,3 pst.
Jordbruksoppgjeret 2020
Det oppstod ein ekstraordinær situasjon etter utbrottet av koronapandemien og dei omfattande smittevernstiltaka som blei sette i verk. Mange bransjar blei stengde ned, arbeidsløysa auka raskt og mange bedrifter fekk store fall i omsetnaden. Det var usedvanleg stor uvisse om den vidare utviklinga. Den 12. mars avlyste Statistisk sentralbyrå si planlagde publisering av konjunkturtendensane, som mellom anna omfattar anslag for vekst i prisar, løn, renter og valuta, og som Budsjettnemnda for jordbruket nyttar i arbeidet sitt med grunnlagsmaterialet til jordbruksforhandlingane. Den 17. mars blei det klart at lønsoppgjera blei utsette til hausten.
Den 19. mars gjekk partane i jordbruksoppgjeret ut i fellesskap og sa at det ikkje kunne gjennomførast tradisjonelle forhandlingar på noko tidspunkt i 2020. Den 17. april la Budsjettnemnda for jordbruket fram eit avgrensa grunnlagsmateriale, utan prognosar for inntekter og kostnader i 2020, og utan referansebruksberekningar. Etter dette hadde partane fleire møte og gjennomførte konsultasjonar om korleis situasjonen kunne handterast best mogleg. Den 26. april blei partane samde om å starte forenkla forhandlingar om ein jordbruksavtale for perioden 2020–2021. Formålet med forenkla forhandlingar var å bidra til føreseielegheit for næringa og mest mogleg stabilitet i matforsyningane i ei krisetid. Forhandlingane blei gjennomførte utan tradisjonelt utgangspunkt i BFJs grunnlagsmateriale, partane justerte berre på eksisterande ordningar og talet på tema i oppgjeret blei avgrensa sidan det ikkje var mogleg å gjennomføre ordinære og omfattande drøftingar mellom partane på grunnlag av tradisjonelle krav og tilbod.
Den 30. april 2020 inngjekk partane jordbruksavtale for 2020–2021 etter forenkla forhandlingar. Løyvingane over statsbudsjettet skal aukast med 350 mill. kroner i 2021. Midlane er disponerte til pris- og direktetilskott, og er fordelte for å styrkje det økonomiske grunnlaget for matproduksjon, spesielt korn, potet og grønt, og for å vareta klima- og distriktsomsyn. Målprisane blei auka med 1 ¾ pst. i gjennomsnitt frå 1. juni 2020. Årsverknaden er usikker fordi ein ikkje har utarbeidd ordinære produksjonsprognosar for 2020, men er estimert til å vere 300–310 mill. kroner.
Avtalepartane var samde om at det viktigaste omsynet i dei forenkla forhandlingane i 2020 var å leggje betre til rette for produksjon av mat enn det ein ville ha oppnådd ved å forlenge den gjeldande avtalen og utsetje forhandlingane til hausten. Partane var samde om å prioritere planteprodukt til mat og klimatiltak, samstundes som distriktsomsyn skulle varetakast.
Grønt, poteter og korn blei prioritert mellom anna med ein øyremerka auke i Investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU) til investeringar innan grøntproduksjonane, avsetjing av midlar til prosjekt for å auke etterspørselen og for å lage ein berekraftstrategi, i tillegg til at fleire tilskott blei auka.
Innsatsen for å redusere klimagassutslepp frå jordbruket og betre klimatilpassing blei prioritert i oppgjeret. Det blei mellom anna prioritert å auke satsinga på tiltak som kan bokførast i den offisielle klimagassrekneskapen, som fossilfri oppvarming og maskinpark, biogass, gjødsellager og miljøvenleg gjødselspreiing.
Avtalen tydeleggjorde distriktsprofilen ytterlegare ved å styrkje grunnlaget for den geografiske produksjonsdelinga, gjennom auka inntektsmoglegheiter for planteproduksjonane og ytterlegare forsterking av geografisk differensierte ordningar som mellom anna distriktstilskott til produksjon av frukt og grønt. I tillegg blei løyvingane til utmarksbeite og til frakt av slaktedyr, frakt av kraftfôr og kilometersatsen for veterinære reiser auka.
Partane blei i tillegg samde om å gjeninnføre ein ordinær omsetnadsordning for mjølkekvotar med verknad frå kvoteåret 2022, for å sikre føreseielegheit for produsentane. Minimum 40 pst. av kvota må seljast til staten til ein pris på 4 kroner per liter.
Budsjettframlegg 2021
I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 350 mill. kroner. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet.
På grunn av den spesielle situasjonen kring tiltaka mot koronapandemien er det framleis stor uvisse omkring volumprognosar på overslagsløyvingane for 2021. Prognosane viser at det gir ei redusert løyving på post 73 med 55 mill. kroner. samanlikna med saldert budsjett 2020. Samla løyving i 2021 blir etter dette 16 940,9 mill. kroner, mot 16 645,7 mill. kroner i saldert budsjett for 2020.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å kunne dekkje kostnader til utvikling av IKT- og fagsystem i forvaltninga av tilskott til jordbruket, evalueringar av ordningane og arbeidsgrupper som er sette ned av avtalepartane eller vedtekne av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte over ordninga.
Rapportering 2019
Følgjande prosjekt blei finansierte over ordninga i 2019:
Utvikling av diverse IKT-prosjekt, mellom anna Agros fagsystem, ny IKT-løysing for importvern og RÅK og digitalisering av skogforvaltninga.
Finansiering av evalueringar og arbeidsgrupper, mellom anna kjøp av tenester til evaluering av tørkesommaren 2018.
Budsjettframlegg 2021
For 2021 er det planlagt følgjande prosjekt finansiert over ordninga:
IKT-utvikling i Landbruksdirektoratet 16,4 mill. kroner
Finansiering av arbeidsgrupper m.m. 2 mill. kroner
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 18,4 mill. kroner.
Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)
Formål med løyvinga
Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som styrkjer og byggjer ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, medrekna mellom anna tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Auka verdiskaping er eitt av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla under LUF skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som blir forvalta av Innovasjon Norge (IN), står målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentralt.
Gjennom utforminga av dei regionale bygdeutviklingsprogramma, medrekna regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionale skog- og klimaprogram, blir det utforma regionalt tilpassa strategiar for verkemiddelbruken.
Rapportering 2019
Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar)
Dei fylkesvise IBU-midlane har eit todelt formål. Dei skal bidra både til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommen, og til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket. Midlane blir forvalta av IN. Fylkesvise rammer for IBU-midlane tek utgangspunkt i ein fordelingsnøkkel. Ut over nasjonale føringar, legg partnarskapa i fylka beståande av fylkesmannen, fylkeskommunen, faglaga i landbruket og IN regionale føringar for bruken av midlane.
Det er stor etterspørsel etter investeringsverkemidlar. Dei fleste søknadene gjeld midlar til effektivisering av produksjonen. I 2019 løyvde IN IBU-tilskott til 1 084 prosjekt. Avslagsprosenten var på 7. Samla tilsegnssum for tilskott var i underkant av 638 mill. kroner, ein nedgang på 9 pst. Om lag 84 pst. av tilskotta blei gitt til investeringar innan tradisjonelt landbruk.
Investeringsstøtta kan utgjere opp til 35 pst. av kostnadsramma for prosjektet, avgrensa til 2 mill. kroner per prosjekt, med unntak for Troms og Finnmark der det ikkje er eit kronetak på tilskottet. Gjennomsnittleg tilskottsbeløp innan tradisjonelt landbruk var på 706 000 kroner i 2019, ein auke på om lag 60 000 kroner frå 2018. Årsaka til oppgangen er delvis at gjennomsnittleg kostnadsoverslag for prosjekt innan tradisjonelt landbruk har auka noko i 2019. Fylkesvis fordeling av midlane via fordelingsnøkkel og ulik pågang etter investeringsstøtte gir variasjonar regionalt i støtteutmåling og samla innvilga beløp. Finnmark og Troms har høgast gjennomsnittleg del tilskott per prosjekt til tradisjonelt landbruk, jf. figur 2.5.
Nærare om investeringar innan tradisjonelt landbruk
Investeringsstøtte til jord- og hagebruk skal tilpassast dei nasjonale marknadsforholda. Figur 2.6 gir ei oversikt over fylkesvis fordeling av IBU-tilskott til ulike produksjonar innan tradisjonelt landbruk i 2019.
Løyvingar til planteproduksjon
Løyvingane til planteproduksjon over IBU-ordninga er aukande. Til saman blei det løyvd 81 mill. kroner fordelt på 187 prosjekt. 41 pst. av løyvingane er gitt til utbygging av korntørke. Den største relative auken gjeld lager for grønsaker og poteter særleg i Hedmark, Trøndelag og Vestfold. Vestland har flest prosjekt innan frukt og bær.
Løyvingar til grôvforbasert husdyrhald
I overkant av 77 pst. av alle tilskott innan tradisjonelt landbruk gjekk til investeringar innan grovfôrbasert husdyrhald. Det er ein reduksjon på 6 prosentpoeng frå 2018. Nedgangen kjem i stor grad av restriksjonar på prosjekt innan sauehald i 2019, og at fleire partnarskap ikkje har prioritert utviding og etablering av storfehald i kornområda. IN fører ei restriktiv line for investeringsstøtte til svineproduksjon, konsumeggproduksjon og kyllingproduksjon på grunn av marknadssituasjonen. Tilskott til prosjekt innan produksjon av konsumegg gjeld økologisk produksjon der IN har opna opp for kapasitetsutviding der det er leveringsavtalar.
Talet på investeringsprosjekt innan mjølkeproduksjon er redusert med 65 samanlikna med 2018, mens løyvingane ligg på same nivå som i 2018. Gjennomsnittleg støtteutmåling var på 21 pst. i 2019, som er ein auke på 2 prosentpoeng frå 2018. Gjennomsnittleg tal på buskap før utbygging innan mjølkeproduksjon har halde seg stabilt sidan 2018 på om lag 30 årskyr. Planlagd buskap har auka noko frå 2018 og er på om lag 40 kyr. IN forklarar utviklinga med høge prisar på kjøp eller leige av mjølkekvotar og tilgang til arealressursar tilpassa bruka. Auken i buskap gir betre grunnlag for å ta i bruk ny og effektiv teknologi som mellom anna automatiserte anlegg for mjølking og fôring. Investeringsprosjekt med 15–30 kyr har blitt særskild prioritert i dei seinare års jordbruksoppgjer. Delen prosjekt som etter utbygging er innanfor denne bruksstorleiken har auka frå 25 til 40 pst. dei siste 5 åra.
56 pst. av alle løyvingane innan tradisjonelt landbruk er registrert med miljøeffekt. Dette er ein auke på 4 prosentpoeng frå 2018. Med miljøeffekt er det meint til dømes at prosjektet fører til mindre utslepp av klimagassar, reduserte utslepp til vatn, energieffektivisering og betre utnytting av avfall, restråstoff og biologiske ressursar. 4 pst. av midlane gjekk til investeringar innan økologisk produksjon.
Nærare om investeringstilskott innan andre landbruksbaserte næringar
Det blei løyvd nærare 101 mill. kroner i IBU-tilskott til andre landbruksbaserte næringar i 2019. Dette er relativt uendra frå 2018. For etablering av bedrifter i landbruket utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er det ei klar politisk målsetjing at midlane skal bidra til auka sysselsetjing og etablering av nye, lønsame arbeidsplassar. Ein rapport frå IN om bruk av IBU-midlar i 2019 talfestar ein gjennomsnittleg venta sysselsetjingseffekt på 381 årsverk for tilsegn gitt til prosjekt innan tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar. Figur 2.7 gir ei oversikt over fordelinga av tilskott i 2019 til andre næringar knytt til landbruket fordelt på bransjar. Fordelinga tek utgangspunkt i SSBs standard for næringsgruppering. Fordelinga er relativt stabil samanlikna med 2018, med unntak av ein viss reduksjon i investeringstilskott for prosjekt innan Inn på tunet under grupperinga Undervisning, helse og sosialtenester.
Risikolån
Frå og med 2006 blei det opna for å setje av midlar til eit taps- og rentestøttefond innanfor ramma av dei fylkesvise IBU-midlane. I 2019 blei det løyvd 24 risikolån med ei samla løyving på 27,3 mill. kroner hovudsakeleg til investeringar innan tradisjonelt landbruk (mjølk- og storfeproduksjon). Risikolåna har ein langt tydelegare distriktsprofil enn ordinære investeringstilskott til tradisjonelt jordbruk. Gjennomgangen av risikolåneordninga frå 2017 viser at 79 pst. av alle risikolån gitt i perioden 2006–2016 er gitt innanfor sone 3 i det distriktspolitiske verkeområdet. I desse områda med lågt pantegrunnlag vil ei slik toppfinansiering i avgrensa grad vere mogleg i den private marknaden.
Regionale tilretteleggingsmidlar
Landbruksnæringa er kjenneteikna av små føretak, som kvar for seg har avgrensa kapasitet til å drive utviklingsarbeid og kunnskapsutvikling som kjem fellesskapet til gode. Dei regionale tilretteleggingsmidlane (RT-midlane) skal vareta dette. Midlane blei forvalta av fylkesmannen fram til 2020, då ordninga blei overført til fylkeskommunen. Målgruppa er organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan innan landbruk. Innsatsen kan dreie seg om mobiliseringstiltak og FoU-prosjekt for å stimulere til innovasjon og styrking av produksjonsmiljø regionalt, eller tiltak som kan stimulere til annan landbruksbasert næringsutvikling. Frå 1. januar 2019 overtok Landbruksdirektoratet det nasjonale forvaltningsansvaret for RT-midlane. Direktoratet har gjort ein gjennomgang av rapporteringa frå fylkesmannen for 2019.
I 2019 blei det løyvd i overkant av 72 mill. kroner fordelt på 457 prosjekt. Midlane er innretta i tråd med dei regionale næringsprogramma og det regionale partnarskapet er godt involvert i prioriteringa når det gjeld bruken av midlane. Midlane blei fordelte på ulike område i landbruket. Figur 2.8 viser korleis løyvingane fordelar seg på ulike innsatsområde.
Områderetta innsats
I jordbruksoppgjeret 2018 blei avtalepartane samde om å sette av 4 mill. kroner til områderetta innsats i 2019, med sikte på ei treårig satsing innan arktisk landbruk og fjellandbruket. Med utgangspunkt i dei positive effektane områderetta innsats gav i første prosjektperiode, blei avtalepartane samde om å auke ramma til områderetta innsats til 8 mill. kroner i 2020, fordelt med 4 mill. kroner til arktisk landbruk og 4 mill. kroner til fjellandbruket.
Arktisk landbruk
Satsinga på arktisk landbruk omfattar Nordland og Troms og Finnmark. Fylkesmannen i Troms og Finnmark har eit koordinerande ansvar for forvaltninga av midlane. I årsrapporten for 2019 går det fram at midlane er prioriterte til prosjekt for auka omsetnad av potet, grønt og bær, synleggjering av verdiar knytte til beiteressursane og beitebruk, etablering av samhandlingsarenaer for det arktiske landbruket, arktisk kompetansesenter for sau, i tillegg til mat- og reiselivssatsing i Nord-Noreg.
Fjellandbruket
Satsinga på fjellandbruket omfattar Trøndelag, Innlandet, Vestfold og Telemark og Viken. Fylkesmannen i Trøndelag har eit koordinerande ansvar for forvaltninga av midlane. I årsrapporten for 2019 går det fram at det framleis er høg merksemd på utviklingsarbeid retta mot fjellandbruket, og at det er sett i gang eit vidt spekter av tiltak ut frå lokale utfordringar og moglegheiter i samspel med faglaga i jordbruket og andre interessentar.
Rekruttering og kompetanseheving i landbruket
Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving i landbruket
I 2019 blei fylkeskommunane tildelt til saman 29 mill. kroner til arbeid med rekruttering og kompetanseheving på landbruks- og matområdet. Av desse blei 14 mill. kroner sett av til ulike etterutdanningstiltak (RK-midlane), og 15 mill. kroner til ein nasjonal modell for vaksenagronomopplæring (vaksenagronomen).
Fylkeskommunane melder om stor etterspørsel etter kompetansetiltak og etter- og vidareutdanningstiltak, både for utøvarar som allereie er etablert i næringa, og for utøvarar som er på veg inn i næringa. Både etterutdanningstiltak og formell vidareutdanning er etterspurt.
RK-midlane blei fordelte etter same fordelingsnøkkel som IBU-midlane. Målet for ordninga er å bidra til rekruttering og kompetanseheving av næringsutøvarar for å vareta og auke verdiskapinga i landbruket. Fylkeskommunane rapporterer om god samhandling med andre offentlege instansar, særleg fylkesmennene, IN, faglaga i landbruket og andre lokale aktørar om bruken av RK-midlane. For 2019 har midlane i all hovudsak blitt brukt til ulike etterutdanningstiltak for næringsutøvarar.
Nasjonal modell for vaksenagronomen
I 2019 blei avtalepartane samde om å setje av 15 mill. kroner til vidare etablering og drift av nasjonal modell for vaksenagronomen gjeldande for skuleåret 2020/2021. I tillegg blei det sett av 2 mill. kroner til vidare utvikling og implementering av felles digitale løysingar til bruk i undervisninga. Ordninga blei etablert i 2018, og allereie hausten 2019 hadde 16 av 17 fylkeskommunar etablert eit vaksenagronomtilbod. Frå hausten 2019 var gartnaropplæring for vaksne i regi av dei fylkeskommunale skulane òg omfatta av ordninga. Fylkeskommunane rapporterer om stor interesse for tilbodet. Oppland fylkeskommune fekk i oppdrag, i samarbeid med Vestfold fylkeskommune, å vidareutvikle og implementere digitale løysingar til bruk i vaksenagronomopplæringa. Prosjektet har bestått i utprøving av tekniske løysingar, utvikling av fagstoff og opplæring av lærarar. I skuleåret 2020/2021 deltek 16 skular i implementering av ei sams løysing.
Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL)
Midlane skal bidra til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar innan primærlandbruket eller tilleggsnæringar til primærlandbruket. Kurstilbod som blir gjort tilgjengeleg i heile eller aktuelle delar av landet, og som har potensial til å bli eit tilbod til ein stor del av produsentane innan den aktuelle produksjonen, blei prioritert. Frå 2019 er forvaltninga av ordninga flytta frå Matmerk til Landbruksdirektoratet. Det blei innvilga nærare 2,4 mill. kroner til 10 prosjekt i 2019. Døme på prosjekt som har fått tilskott er:
Opplæringsprogram for klauvhelse og klauvskjering på storfe (Animalia)
Omstilling til SPF-produksjon (Norsvin SA)
Digital opplæringspakke Inn på tunet (Norges Bondelag)
Utvikling av fagskuletilbod innan berekraftige matopplevingar (NIBIO)
Kompetansetilbod innan klima- og energi i landbruket ved bruk av landbrukets klimakalkulator og med bakgrunn i klimasmart agronomi (Mære landbruksskole)
Frå 2020 er ordninga innlemma som ein del av nasjonale tilretteleggingsmidlar. Landbruksdirektoratet leverte ein rapport til jordbruksoppgjeret 2020 med vurderingar av den vidare samla forvaltninga av verkemidla.
Forsøk med mentorordning i landbruket
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har i perioden 2017–2019 hatt ansvar for eit forsøk med ei lågterskel mentorordning i landbruket, i samarbeid med faglaga regionalt og IN. Forsøket har vore i gang i regionane Trøndelag, Innlandet, Agder og Sogn og Fjordane. Det blei sett av til saman 6 mill. kroner til ordninga over LUF. Målgruppa for ordninga er unge/nye bønder som har inngått ein avtale med ein erfaren bonde (mentor) om råd og rettleiing i ein oppstarts- eller utviklingsfase. Til saman 136 par nye bønder/mentorar har delteke i forsøksordninga. Forsøket blei evaluert undervegs av Østlandsforskning. I evalueringa blei det vist til at ordninga kan utfylle utdanningstilboda og rådgjevingstilboda i landbruket ved å tilby skreddarsydd kompetanse og mellom anna stimulere til nettverksbygging. Ved ei vidareføring blei det tilrådd ei nasjonal ordning der det burde utformast strengare krav for utveljing av deltakarar samanlikna med forsøksordninga, i tillegg til at ordninga må få eit tydelegare mål og ei meir presist definert målgruppe og koplast mot andre utviklingstiltak i landbruket. Ordninga er frå 2020 ei nasjonal ordning forvalta av NLR.
Forsking og utvikling
Målet med forskingsmidlane over jordbruksavtalen er å utvikle ny kunnskap til landbruks- og matsektoren. Prioriteringane skal støtte opp under dei landbruks- og matpolitiske måla, og vere i tråd med prioriterte innsatsområde fastsett i dei årlege jordbruksoppgjera. Midlane blir i første rekkje disponert til forskings- og innovasjonsprosjekt etter utlysing. Det blir òg sett av midlar til utgreiingar. Forskingsmidlane blir forvalta av eit styre beståande av avtalepartane.
I 2018 blei det sett av 65 mill. kroner til forskingsmidlar over jordbruksavtalen for 2019 – ein auke på 10 mill. kroner frå året før. Styret for forskingsmidlane over jordbruksavtalen lyste ut midlane, og tok i utlysingsteksten, og ved tilsegn, omsyn til behovet for kunnskap for reduserte utslepp av klimagassar frå jordbruket, og auka lagring av karbon i jord og skog. Vidare var målet å bidra til oppfølging av regjeringa sin strategi for bioøkonomi.
Gjennom året blei til saman 34 ulike prosjekt avslutta, mens 12 nye samarbeidsprosjekt starta opp i løpet av 2019. Samarbeidsprosjekt blir gjennomført av forskingsmiljøa, med medverknad og delfinansiering frå næringslivet. Mange av prosjekta som blei starta i 2019 har som mål å redusere klimagassutslepp og skape ein meir klimatilpassa jordbruksproduksjon.
Det 5-årige prosjektet «Klimasmart skogbruk» blei òg innvilga i 2019, som ei oppfølging av jordbruksoppgjeret i 2018.
Avtalestyret lyste òg ut midlar til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Tidleg på året blei 10 innovasjonsprosjekt innvilga – alle delfinansiert av jordbruksavtalemidlar. Desse starta opp i løpet av året, på tema som dyrehelse, mattryggleik og redusert svinn. Desse prosjekta er eigd av bedriftene, men blir gjennomført i samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.
I jordbruksoppgjeret 2019 blei avtalepartane samde om at følgjande tema skulle greiast ut til jordbruksoppgjeret 2020:
Enklare teknologiar for karbonfangst og -lagring som bruk av biokol, og jordbrukspraksis som fører til auka karbonbinding i jord.
Utprøving av grønsakssortar tilpassa norske dyrkingsforhold som ein del av grøntsatsinga.
Om dagens utdanningstilbod på alle nivå er tilpassa kompetansebehovet i landbruket si verdikjede.
Moglegheitene for vidareutvikling av berekraftige produksjonssystem for norske forhold, med utgangspunkt i endra forbrukarmønster og etterspørsel.
Desse blei lyst ut og 5 prosjekt starta opp i 2019.
Utgreiinga om karbonfangst og -lagring viser at bruk av fangvekstar i kornproduksjon bidreg til karbonbinding og dermed redusert utslepp av CO2 frå jordbruket. Reduksjonen er berekna til om lag 100 000 tonn CO2-ekvivalentar per år dersom fangvekstar blir sådd på ein tredel av kornarealet.
I utgreiinga om uttesting av grønsakssortar tilpassa norske forhold blir det tilrådd at det framleis blir lagt til rette for frøavl på gamle norske sortar, i tillegg til at dagens opplegg for sortsprøving blir utvida og utvikla for å styrkje norsk grønsaksproduksjon.
To studiar har teke for seg moglegheiter for vidareutvikling av berekraftige produksjonssystem for norske forhold, med utgangspunkt i endra forbrukarmønster og etterspørsel. Den eine utgreiinga såg på behovet for ny kunnskap for å utvikle meir berekraftige produksjonssystem for fjørfe i tråd med nye forbrukarkrav. Utgreiinga konkluderer med at ny kunnskap vil bli viktig for at næringa skal tilpasse seg krava frå forbrukarane om meir dyrevenleg produksjon basert på mest mogleg lokale råvarer. Konkret er det behov for å utvikle attraktive uteområde som stimulerer til naturleg åtferd, i tillegg til kunnskap om å hindre rovdyråtak og korleis ein kan sikre seg mot smittsame sjukdommar. Den andre utgreiinga peikar på åtte konkrete forbetringsområde for å kunne få til ein meir berekraftig matproduksjon i Norge. Viktige stikkord nemnt i denne samanhengen er mellom anna langsiktig arealforvaltning, ressursoptimalisering, kretsløpstenking og meir mangfald.
Utgreiinga om dagens utdanningstilbod er tilpassa kompetansebehovet i landbruket si verdikjede, leverte etter avtale ein delrapport til jordbruksoppgjeret i 2020. Den handla om ei kartlegging av kompetansebehovet blant aktørane i verdikjeda, fordelt på leverandørar av varer og tenester, blant gardbrukarar og lønstakarar i jordbruket, og i matindustrien. Sluttrapporten skal bli ferdig hausten 2020.
I tillegg blei det lyst ut midlar til utgreiings- og forprosjekt i to omgangar, der 13 prosjekt blei innvilga, innan tema som klima, dyrevelferd, berekraft og grøntsektoren. Tre av desse starta opp i løpet av 2019.
Årleg overføring til Forskningsrådet sitt miljøprogram til forsking innan området miljø og jordbruk blei vidareført i 2019. Løyvinga skal bidra til auka berekraft og redusert miljøbelastning frå norsk matproduksjon. I 2019 blei det gjennomført ei fellesutlysing saman med BIONÆR og Miljøforsk på temaet berekraftig bruk og vern av utmarksressursar. Det blei òg løyvd 2,5 mill. kroner til norsk-svensk samarbeid om hesteforsking. Rammetilskott til Graminors arbeid med utvikling av plantemateriale tilpassa norske vekstforhold blei vedteke ført vidare, og utgjorde 3 mill. kroner i 2019.
Stiftinga Matmerk
Stiftinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og at forbrukarane ønskjer seg norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetssikring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav overfor matprodusentar, handelsnæringa og forbrukarane. Stiftinga har som oppgåve å administrere og utvikle vidare Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet, generisk informasjon om økologisk mat og å drifte databasen lokalmat.no. Stiftinga skal òg bidra til profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar og drifte den nasjonale nettstaden for Inn på tunet.
Matmerk har over fleire år arbeidd med oppgradering og utvikling av KSL til eit meir brukarvenleg og kostnadseffektivt system bygd på ny teknologi. Det nye revisjonsverktøyet vil vere ferdig og tilgjengeleg frå 2020, og det blir sett i gang opplæringsprogram retta mot bønder, skular og rådgivarar for å sikre god kunnskap om bruk av systemet. Arbeidet med HMS er viktig for landbruket. Matmerk vil etter planen i 2020 lansere ei tilleggsløysning i KSL og ein eigen HMS-app som skal bidra til tiltak knytte til HMS på garden. Matmerk har som mål å auke revisjonsfrekvensen i KSL til kvart 3. år for alle produksjonar med unntak for grovfôr. Dette er mellom anna grunna i krav i nye dyrevelferdsprogram og tydelege signal frå grøntbransjen.
Matmerk har ansvaret for godkjenningsordninga for Inn på tunet. Bruka har ekstern KSL-revisjon annakvart år. Ved utgangen av 2019 var det til saman 404 godkjende Inn på tunet-tilbydarar. Matmerk driftar i tillegg den nasjonale nettsida for Inn på tunet som inneheld tilbydaroversikter, nettsaker om tilboda, ein kunnskapsbank og relevant informasjon om godkjenningsordninga.
Bransjeportalen Lokalmat.no har blitt ein viktig kanal for både kjøparar og produsentar av lokalmat. Lokalmat.no koplar saman tilbydarar av lokalmat og innkjøparar i daglegvare- og restaurantmarknaden. Interessa er aukande og ved utgangen av 2019 var det 576 bedrifter med til saman 2 484 produkt registrert i databasen og 305 innkjøparar. Matmerk tilbyr òg marknadstenester til lokalmatprodusentar. Dette er eit lågterskeltilbod innanfor økonomi og marknadsforståing. Matmerk driftar nettsida Økologisk.no, som gir forbrukarane faktabasert informasjon om økologisk matproduksjon og økologiske produkt.
Det er eit mål å auke den samla omsetnaden av lokalmat frå alle salskanalar til 10 mrd. kroner innan 2025. Dette målet blei nådd i 2019. Den årlege målinga av omsetnad av lokalmat i daglegvarehandelen i 2019 blei gjennomført i samarbeid med Nielsen Norge og Arne Reiler Consulting. Nytt for 2019 var at målinga òg omfatta sal av lokalmat innan storhushaldning. Omsetnadsveksten i daglegvarehandelen var på 5,6 pst. frå 2018, og samla omsetnad var på 5,25 mrd. kroner. Omsetnaden i storhushaldning var på 6 mrd. kroner. Omsetnadstala er usikre, men gir likevel eit godt bilete av utviklinga på området. 2019-målinga er ei nullpunktmåling for storhushaldning.
Matmerk forvaltar fleire merkeordningar for norsk mat. Auka verdiskaping i landbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske matspesialitetar og merkebrukarar er mellom anna vektlagt i strategien for landbruks- og reindriftsbasert reiseliv og i arbeidet med Matnasjonen Noreg.
Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping
Utviklingsprogrammet skal skape vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv medrekna jakt- og fisketurisme, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og andre landbruks- og reindriftsbaserte næringar. Programmet blir forvalta av IN og er eit sentralt verkemiddel for å nå målsetjingane i landbrukspolitikken. Både Meld. St. 31 (2014–2015) om vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar og regjeringa sin strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak, gir føringar for Utviklingsprogrammet. Tiltaka over programmet er òg viktige for å realisere Matnasjonen Noreg. Programmet blir finansiert både over jordbruksavtalen og reindriftsavtalen.
Programmet tilbyr tilpassa kompetansetiltak til verksemder, finansiering til verksemder som ønskjer å vekse og utvikle seg åleine eller i nettverk, og ulike omdømmetiltak. Omdømmetiltaka skal byggje stoltheit og auke kompetansen i næringa, i tillegg til å auke kunnskapen om dei ulike områda som programmet dekkjer, både hos forbrukarar, i marknaden og i samfunnet meir generelt. Fleire regionar har utvikla heilskaplege strategiar og handlingsplanar for mat og reiseliv, som òg vil bidra til ei vidare utvikling av sterke mat- og reiselivsregionar i tråd med måla i reiselivsstrategien.
Programmet har bidrege til gode resultat, noko evalueringar dei siste åra har stadfesta. Ni av ti verksemder seier at bidrag frå IN har vore avgjerande for at prosjektet blei sett i gang. Vidare syner estimat frå Samfunnøkonomisk analyse at verksemder som har fått støtte frå IN har ein gjennomsnittleg årleg meirvekst på alle dei tre effektindikatorane som IN måler på, samanlikna med ei kontrollgruppe. Dei tre er salsinntekter, verdiskaping og produktivitet. Evalueringane og føringane frå dei sentrale stortingsmeldingane og reiselivsstrategien blir nytta for å utvikle programmet vidare. Det er programmet si styringsgruppe som, saman med IN, jamleg vurderer innretninga på programmet både når det gjeld bedriftsnettverkordninga, vekstordninga, kompetansetilbodet og omdømmesatsinga i programmet. Etterspørselen etter midlar til vekst og bedriftsnettverk har vore noko lågare enn venta det siste året, og det vil difor bli satsa meir på mobilisering. Det er i tillegg utvikla ei ordning for vekst for bedrifter som har fått vekststøtte tidlegare, ei fase 2-ordning, der kompetanse òg inngår.
Koronapandemien har våren 2020 hatt til dels store konsekvensar for aktørane som nyttar verkemidla under Utviklingsprogrammet. Som følgje av pandemien har departementet gitt Innovasjon Norge moglegheit til å gjere tilpassingar i programmet for å motverke nokre av konsekvensane for næringsaktørane. IN har difor gjort mellombelse justeringar i programmet for å gjere det enklare for verksemdene å finne nye marknader og vidareutvikle eller lansere nye produkt. Verksemdene kan få dekt kostnader til forretningsutvikling, utvikling av eksisterande og/eller nye produkt/tenester som til dømes designprosjekt, utviklingsaktivitetar for å bidra til best mogleg sal som til dømes marknadsundersøkingar, kompetanseheving og støtte til mindre investeringar i utstyr, maskin og inventar som er naudsynt for å realisere utviklingsaktivitetane. Endringane er mellombelse, men det er venta at pandemien og konsekvensane av den vil prege utviklinga av programmet framover.
Omdømmearbeid under Utviklingsprogrammet
Tiltak og prosjekt som bidreg til auka synleggjering og omdømmebygging innanfor alle målgruppeområda er ein viktig og integrert del av Utviklingsprogrammet. Tiltaka i denne porteføljen har vore stabile over fleire år, og blir vurderte opp mot både reiselivsstrategien og andre gjeldande politiske føringar. Omdømmearbeidet kan delast i tre hovudgrupper: 1) regionale og nasjonale matarrangement og aktivitetar, 2) marknadsføring av reiselivsprodukt og -aktivitetar, og 3) prosjekt som får støtte etter søknad. Desse tiltaka vil òg bli sentrale i den vidare bygginga av Noreg som ein matnasjon.
Frå og med 2020 inngår Det norske måltid i omdømmeporteføljen i Utviklingsprogrammet som eit av tre store nasjonale omdømmeprosjekt, saman med Matstreif og deltakinga på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin. Gjennom konkurransen blir dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg kåra, og den har utvikla seg til å bli ein viktig og prestisjefylt prisutdeling for produsentane. Prosjektet bidreg til å synleggjere produkt frå både sjø og land, og kan bli eit viktig prosjekt for å synleggjere Matnasjonen Noreg.
IN legg til grunn for arbeidet med reindrift under Utviklingsprogrammet at produksjonen av reinkjøtt er berekraftig og kan utnyttast marknadsmessig av bedriftene og bransjen. Arbeidet med eit kompetanseprogram for reinkjøttnæringa under Utviklingsprogrammet blei ferdigstilt i 2019. Evalueringa viser at bedriftene er godt nøgde med programmet og har hatt eit fagleg utbytte av å delta. IN har arbeidd med produktutvikling, og har sett i gang eit forprosjekt som skal gi svar på om bedriftene ønskjer eit kollektivt utviklingsprogram for produktutvikling. IN har vidare eit tett samarbeid med Marknadsutvalet for reinkjøtt om gjennomføring av matarrangement som til dømes Matstreif.
Kompetansenettverksordninga
Kompetansenettverksordninga for lokalmat blir finansiert over Utviklingsprogrammet. Målgruppa for ordninga er små matverksemder med opp til 10 tilsette. Det kan vere primærprodusentar eller næringsmiddelverksemder med mål om å utvikle, foredle og selje kvalitetsprodukt basert på lokale råvarer, eller reiselivsverksemder som har utviklingsprosjekt i samarbeid med lokalmatprodusentar. I tillegg til dette matfaglege tilbodet hos kompetansenettverka, kan verksemdene få hjelp til å løyse marknadsutfordringar gjennom Matmerk sitt tilbod innan marknadstenester. I 2019 blei det gjennomført 177 besøksordningar og 66 kurs i regi av dei fem kompetansenettverka. Fleirtalet av både besøksordningane og kursa omhandlar foredling av mjølk og kjøtt. Samarbeidet mellom nettverka har auka dei siste åra, og i 2019 blei det lagt ned mykje arbeid i å utvikle sams grunnmodular på det matfaglege området.
Dei fem kompetansenettverka er lokalisert slik:
Nofima: kompetansenettverket i Aust-Noreg og kompetansenettverket i Sør-Noreg
Sogn Jord- og hagebruksskule: kompetansenettverket i Vest-Noreg
Mære landbruksskole: kompetansenettverket i Midt-Noreg
Nibio Holt: kompetansenettverket i Nord-Noreg
Den overordna forvaltninga av ordninga blei frå 2020 overført frå IN til Landbruksdirektoratet. Oppdragsgjevaransvaret for dei regionale kompetansenettverka for lokalmat blei lagt til dei fem fylkeskommunane Rogaland (dekkjer Agder og Rogaland), Viken (dekkjer Vestfold og Telemark, Oslo, Viken og Innlandet), Vestland, Trøndelag (dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal) og Troms og Finnmark.
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket (tidlegare Bioenergiprogrammet) skal bidra til meir miljøvenlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar, og samtidig gi moglegheit for auka verdiskaping for skogeigarane. Det er eit mål å skape aktivitet i heile landet. Aktivitetsnivået i 2019 var høgare enn det har vore nokon gang. Det blei innvilga støtte til 188 prosjekt, som er det høgaste talet sidan programmet blei starta i 2003. Samla planlagt energiproduksjon for prosjekta som fekk støtte i 2019 er 38 GWh. Løyvinga i 2019 var 77 mill. kroner. I tillegg blei det overført midlar frå 2018, slik at den samla ramma for programmet i 2019 var på nesten 85 mill. kroner. Samla tilsegn i 2019 blei 93 mill. kroner.
Gardsvarmeanlegg var òg i 2019 den dominerande typen prosjekt, men det blei gitt støtte til nokre fleire varmesalanlegg enn i 2018. Det blei òg gitt støtte til tre veksthusanlegg. Det er låg lønsemd i biogassproduksjon på gardsnivå. Men for større gardsbruk har det no komme teknologiske løysingar som gir tilstrekkeleg lønsemd og stabil drift. Ei aukande interesse frå husdyrprodusentar speglar seg i søknader om forprosjekt og investeringssaker. Fleire av forprosjekta som er innvilga i 2019 og tidlegare år, har no ført fram til vedtak om investering med søknad om tilskott til ENOVA eller IN.
IN vurderer at hovuddelen av prosjekta under programmet, bidreg med vekst på bedriftsnivå. Programmet har gitt gode resultat når det gjeld målområda vekst i bedrifter, miljø/klima, i tillegg til lokal verdiskaping. Det er estimert at programmet har bidrege til ein årleg reduksjon av klimagassutsleppa med 88 000 tonn CO2.
Det er gjort fleire endringar i retningslinene for programmet dei siste åra, og det er gitt støtte til kompetanse- og utgreiingsaktivitetar innanfor dei nye målområda. Frå 2019 blei målområdet for programmet utvida til å òg omfatte utviklings- og utprøvingsprosjekt innan klima, miljø og energi på gardsnivå. Målet skal vere å teste ut ny produksjonsteknologi og nye løysingar som skal bidra til reduserte klimagassutslepp og auka konkurransekraft for landbruksnæringa. I 2019 blei det gitt støtte til 5 slike prosjekt på til saman 3,9 mill. kroner.
Skogbruk
Tilskottsramma til skogbruk over Landbrukets utviklingsfond (LUF) var i 2019 på 242 mill. kroner. Av dette utgjorde ordninga for tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) til saman 194 mill. kroner. Fordelinga går fram av tabell 2.12.
Tabell 2.12 Fordeling av midlar til ulike skogbrukstiltak, 2015–2019 (i mill. kroner)
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
---|---|---|---|---|---|
Nærings- og miljøtiltak i skogbruket | 174 | 177 | 178 | 176 | 194 |
Vegbygging, taubane o.a. | 101 | 104 | 103 | 103 | 110 |
Skogkultur og andre tiltak | 73 | 73 | 751 | 70 | 84 |
Miljøtiltak | 3 | 8 | |||
Kystskogbruket | 2,5 | 3,5 | 4,5 | 4,5 | 5 |
Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar | 25 | 20 | 262 | 27,5 | 28,5 |
Kompetansetiltak (Skogkurs og Velg Skog) | 12,5 | 13,5 | 13,5 | 14 | 14,5 |
Til saman | 214 | 214 | 222 | 222 | 242 |
1 Inkl. 5 mill. kroner av kompensasjonsmidlar for økt CO2-avgift på mineralolje for 2017
2 Inkl. 3 mill. kroner av kompensasjonsmidlar for økt CO2-avgift på mineralolje for 2017
Det blei sett av 110 mill. kroner til vegbygging og taubane mv. over LUF. I tillegg blei det løyvd 22 mill. kroner til skogsvegar over statsbudsjettet på kapittel 1149, post 71. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at det blei bygd 137 km med nye skogsbilvegar og bygd om rundt 368 km eksisterande skogsbilvegar i 2019.
Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra og den positive utviklinga har halde fram i 2019. I 2019 blei det sett ut 43,6 mill. skogplanter, 14 pst. fleire enn i 2018. Tala for 2019 viser òg at aktiviteten for skogkulturtiltaka markreiing, ungskogpleie og planting har auka. Areala med markreiing, nyplanting og ungskogpleie var på høvesvis 88 000 dekar, 225 000 dekar og 272 000 dekar. Samanlikna med 2018 er dette ein auke på 17 000 dekar for markreiing, 19 000 dekar for planting og 32 000 dekar for ungskogpleie. Av løyvinga til skogkultur, miljøtiltak og andre tiltak blei 8 mill. kroner øyremerkt til miljøtiltak. Det blei utbetalt 2,3 mill. kroner til miljøtiltak i 2019. Dette er noko meir enn det som blei utbetalt til miljøtiltak i 2018.
Det blei avsett 28,5 mill. kroner til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i 2019, og det blei avslutta og godkjent prosjekt på om lag 3,4 mill. dekar. Miljøregistreringane frå skogbruksplanlegginga dekkjer no ein stor del av den produktive skogen, og det er starta opp revisjonsprosjekt for dei eldste registreringane i tråd med retningslinene for behovsanalysar og revisjonsopplegg som er utarbeidd av Landbruksdirektoratet og PEFC (Programme for the Endorsement of Forest Certification) Norge.
Kartlegging av MiS-livsmiljø og etablering av nøkkelbiotopar har gått føre seg sidan 2001, og det samla arealet med nøkkelbiotopar utgjer eit areal på 1,17 mill. dekar. Av dette har 150 000 dekar blitt verna etter naturmangfaldlova som skogreservat etter prinsippa om frivillig vern.
Skogbruk i kyststrøka har særskilde utfordringar knytte til mellom anna låg skogsvegdekning, høg del vanskeleg terreng og eigedomsstruktur. Kystskogbruket omfattar kystfylka frå Vest-Agder til Finnmark. Desse fylka har store skogressursar. Det er gitt midlar til mellom anna fylkesovergripande prosjekt der infrastrukturtiltak som skogsbilvegar og tømmerkaiar er prioritert.
Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein sentral aktør for å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet, retta mot rettleiingsapparat og skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet. Skogkursserien Aktivt skogbruk er eit døme på denne aktiviteten, og det blei gjennomført om lag 500 slike kurs med over 2700 deltakarar i 2019.
Oppfølging av handlingsplan mot villsvin
I jordbruksoppgjeret i 2019 blei det sett av 2 mill. kroner til tiltak mot villsvin i 2019 og 2 mill. i 2020 til oppfølging av handlingsplanen mot villsvin som blei lagt fram i november 2019. Midlane er forvalta av Miljødirektoratet. Tilskottsramma er nytta til prosjekt som byggjer opp under målet om færrast mogleg villsvin spreidd ut over eit minst mogleg område. Prosjektet «Grunneigarbasert tiltaksplan for kontroll av villsvin i Noreg», i regi av Norges Bondelag, Glommen Mjøsen Skog SA, NORSKOG og Utmarksforvaltningen AS, går over tre år og fekk tildelt 1,64 mill. kroner.
Konfliktførebyggjande tiltak jordbruk – reindrift
Det blei sett av 2 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift i 2019. I tillegg blei det sett av 1,45 mill. kroner til same formål over reindriftsavtalen. Midlane blir forvalta av Fylkesmannen i Trøndelag og blir i hovudsak nytta til gjerdebygging, men òg til ekstraordinære tiltak for gjeting, fôring og beiteundersøkingar. Det blei i 2019 innvilga i underkant av 4,6 mill. kroner til sju prosjekt i fylka Troms og Finnmark, Trøndelag og Innlandet. 1 mill. kroner av desse var øyremerka eit prosjekt med utgangspunkt i konfliktar mellom reindriftsnæringa og landbruksnæringa i områda ved grensa mellom det tidlegare fylket Hedmark og Trøndelag.
Fylkesmannen i Trøndelag vurderer ordninga som eit viktig tiltak som kan bidra til å dempe til dels langvarige og større konfliktar. I tillegg gir prosessen med utarbeiding av søknadene og tilhøyrande avtalar mellom partane, i seg sjølv eit grunnlag for dialog og konfliktdemping. Fylkesmannen fekk fleire søknader om tilskott i 2019 enn året før. Det er viktig at aktuelle fylkesmenn og kommunar gir god informasjon om ordninga.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Formålet med tilskott til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er å vareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, i tillegg til å redusere forureininga frå jordbruket. Ordninga skal gi meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.
Ordninga blir forvalta av kommunane. Til saman blei det i 2019 innvilga 148,2 mill. kroner over ordninga. Om lag 60 pst. av midlane blei i 2019 innvilga til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskap, kulturmiljø og biologisk mangfald, mens 40 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn.
Det er dei siste åra øyremerka midlar til utbetring av hydrotekniske anlegg i planeringsområda rundt Oslofjorden og i Trøndelag. Dette har gitt ein vesentleg auke i oppslutninga, både i tal på oppgraderte anlegg og innvilga tilskott.
Verneverdige bygningar og gamal kulturmark er dei største postane for bevaring av kulturlandskap, mens hydrotekniske anlegg er den viktigaste gruppa av tiltak innan forureining. Tilskott til restaurering og skjøtsel av kystlynghei, slåttemark og slåttemyr bidreg til varetaking av desse utvalde naturtypane i kulturlandskapet. Kulturlandskapstiltak blir ofte gjennomførte i samarbeid og med samfinansiering frå natur- og kulturminnestyresmaktene.
Drenering
Godt drenert jord gir større avling, betre utnytting av næringsstoff, redusert fare for jordpakking og redusert fare for lystgassutslepp. God drenering betrar i tillegg moglegheita for produksjon og innhausting i periodar med ekstremvær.
Det var 2 131 søkjarar om tilskott til drenering i 2019, og det blei gitt tilsegn om tilskott for 85 mill. kroner. Dette er ein tydeleg nedgang frå 2018. Nedgangen i talet på søknader i 2019 kan tyde på at dei auka satsane frå 2017 ikkje har ført til eit varig auka årleg søknads- og grøfteomfang.
Levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg
Ved å bruke husdyrgjødsel og matavfall til biogassproduksjon, bidreg ein til reduserte utslepp av klimagassar frå jordbruket, samtidig som det blir produsert klimavenleg biogass som kan erstatte fossilt drivstoff. Forskrift om tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg tredde i kraft 1. januar 2015, med tilbakeverkande kraft for leveransar av husdyrgjødsel i 2013 og 2014. Tilskottssatsen har auka sidan oppstarten av ordningane og blei dobla til 60 kroner per tonn husdyrgjødsel frå 1. januar 2016. I jordbruksoppgjeret 2018 vedtok avtalepartane at tilskottssatsen skulle aukast til 70 kroner per tonn husdyrgjødsel frå 1. januar 2019 med verknad for leveransar av husdyrgjødsel i 2018.
For søknadsomgangen 2019 var 4,7 mill. kroner tilgjengeleg til ordninga. Ved denne søknadsomgangen søkte 35 føretak om eit beløp på til saman 4,16 mill. kroner. 30 av desse føretaka leverte husdyrgjødsel til Greve Biogassanlegg og eit føretak leverte til Romerike Biogassanlegg. Dei resterande fire søkjarane brukte husdyrgjødsla i eigne anlegg. For budsjettåra 2013–2020 er det sett av til saman 15 mill. kroner til ordninga.
Tilskott til tiltak i beiteområde og organisert beitebruk
Tilskott til sams investeringar til tiltak i beiteområde og driftstilskott til organiserte beitelag har som mål å fremje bruk av beiteressursane i utmarka, vedlikehald av kulturlandskap og redusere tap av dyr. Støtte til investeringar kan sjåast i samanheng med midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett, der dette er relevant. Det blei sett av 18 mill. kroner. 15 mill. kroner gjekk til investeringar i beiteområde i 2019 og 3 mill. kroner blei øyremerka til arbeidet mot skrantesjuke (CWD). Det blei i tillegg utbetalt 30,5 mill. kroner frå RMP til 746 godkjente beitelag. Dette omfatta om lag 3/4 av samla tal på sau og 1/3 av samla tal på storfe som gav grunnlag for utmarksbeitetilskott (blei slepte på utmarksbeite).
Klima- og miljøprogrammet
Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå måla i landbruket på klima- og miljøområdet gjennom utgreiing og informasjonstiltak som raskt kan formidlast til landbruket. Hausten 2019 blei den samla ramma for 2020 på 22,2 mill. kroner fordelt med 7 mill. kroner til fylkesvise tiltak og 15,2 mill. kroner til sentrale tiltak. Det blei registrert 57 søknader på dei sentrale midlane, med eit søknadsbeløp på 84,9 mill. kroner.
Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap
I 2019 blei det markert at ordninga for tilskott til utvalde kulturlandskap i jordbruket med midlar over jordbruksavtalen og Klima- og miljødepartementets budsjett, var 10 år. I 2019 omfatta ordninga 44 område og ytterlegare to område blir etablert i 2020. Til saman var det sett av vel 33 mill. kroner til ordninga i 2019, med 11 mill. kroner over jordbruksavtalen. Dei utpekte områda representerer variasjonar av kulturlandskap i jordbruket med store verdiar knytt til biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø over heile landet. Aktiv landbruksproduksjon er viktig for gjennomføring av satsinga. Relevante direktorat er bedt om å levere forslag til plan for det vidare arbeidet med Utvalde kulturlandskap i jordbruket for perioden 2020–2025. Planen skal vurdere status for ordninga og moglegheiter for utveljing av nye område, inkludert ein tidsplan, i tillegg til behovet for eventuelt å styrkje eksisterande område. Planen skal baserast på gjeldande økonomiske ramme. For 2020 er løyvinga auka med 4,5 mill. kroner over jordbruksavtalen.
Midlane til verdensarvområda Vegaøyan og Vestnorsk Fjordlandskap over jordbruksavtalen var 7,5 mill. kroner i 2019 og er vidareført i 2020. Det er òg løyvd midlar over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett til samfinansiering med midlane over jordbruksavtalen til skjøtsel i desse verdensarvområda. I begge verdensarvområda har midlane vore viktige for grunneigarar og drivarar, for å sikre at areal blir haldne i hevd. I tillegg bidreg Klima- og miljødepartementet med midlar til Verdensarvområda som mellom anna omfattar informasjonsarbeid og tilretteleggingstiltak for å vareta forpliktingane gjennom Verdensarvkonvensjonen.
Ordningane Utvalde kulturlandskap og Verdensarvsatsinga er slått saman til ei ordning og frå og med 2020 blir ordninga forvalta av kommunane.
Budsjettframlegg 2021
Med bakgrunn i Prop. 118 S (2019–2020) og Stortingets handsaming, jf. Innst. 380 S (2019–2020), gjer departementet framlegg om ei løyving på 1 295,6 mill. kroner til Landbrukets utviklingsfond (LUF) for 2021. LUF blir vidare tilført 9,5 mill. kroner i 2020 gjennom omdisponering av midlar i 2020. Tabell 2.13 viser kapitalsituasjonen for LUF i perioden 2019–2021. Prognosen for 2020 viser at eigenkapitalen og likviditeten til fondet blir svekka med om lag 254 mill. kroner. Prognosen for 2021 viser at eigenkapitalen og likviditeten til fondet blir ytterlegare svekt. Kapitalsituasjonen og likviditetsutviklinga for LUF må haldast under oppsikt.
Tabell 2.13 Framføring av kapitalsituasjonen for Landbrukets utviklingsfond, 2019–2021 (i mill. kroner)
Rekneskap 2019 | Prognose 2020 | Prognose 2021 | |
---|---|---|---|
Løyving | 1 133,5 | 1 250,6 | 1 295,6 |
Eingongsoverføring, udisponerte midlar | 60,4 | 9,5 | |
Renteinntekter | 17,0 | 8,5 | 10,2 |
Andre inntekter | 52,4 | 25,2 | 25,2 |
Sum tilførsel | 1 263,4 | 1 293,8 | 1 331,0 |
Utbetalingar jf. statusrapport LUF 3-18/2020 | 1 647,8 | 1 574,2 | 1 511,0 |
Endring i tilskottsramme¹ | 7,0 | 45,0 | |
Sum utbetalingar | 1 647,8 | 1 581,2 | 1 556,0 |
Inneståande i Norges Bank, inkl. a konto IN | 1 193,6 | 991,1 | 746,2 |
Uteståande investeringslån | 83,2 | 44,4 | 64,2 |
Sum eigedelar | 1 276,8 | 1 035,4 | 810,4 |
Tapsfond BU risikolån | 40,9 | 40,0 | 41,5 |
Sum Eigenkapital i LUF | 1 235,9 | 995,4 | 768,9 |
Likviditet | |||
Tilført årsløyving, renteinntekter m.m. | 1 263,4 | 1 293,8 | 1 331,0 |
Netto tilførsel av kapital ifm. Investeringslån (avdrag) | 45,3 | 33,4 | 24,8 |
Disponibel likviditet | 1 308,7 | 1 327,2 | 1 355,8 |
Utbetalingar | 1 647,8 | 1 581,2 | 1 556,0 |
Endring i likviditet | -339,1 | -254,1 | -200,2 |
1 Auken i tilskottsramme for 2020 og 2021 vil truleg ikkje komme til full utbetaling i tilsegnsåret
Tabell 2.14 viser tilskottsramma for LUF i 2021 og endring i tilskottsramme frå 2020 til 2021. Tilskottsramma for fondet blir sett til 1 733 mill. kroner, medrekna avsetjing til rentestøtteutbetalingar. Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF for 2020 er sett av til ordningar som skal stimulere til investeringar og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk og ordningar som gjeld klima- og miljøtiltak, utgjer ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet.
Tilskottsnivået for dei fleste ordningane blir ført vidare på same nivå som for 2020, med unntak av midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-ordninga), nasjonale tilretteleggingsmidlar, Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket, Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), Klima- og miljøprogrammet og biogassordninga.
Tabell 2.14 Tilskottsramme for Landbrukets utviklingsfond, 2021 (i mill. kroner)
2020 | Ekstra 2020 | 2021 | Endring 2020–2021 | |
---|---|---|---|---|
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | 634,5 | 664,5 | 30,0 | |
Nasjonale tilretteleggingsmidlar | 8,0 | 5,0 | 8,0 | 0,0 |
Inn på tunet-løftet del 2 | 3,0 | 3,0 | 0,0 | |
Regionale tilretteleggingsmidlar | 48,0 | 48,0 | 0,0 | |
Områderetta innsats | ||||
Arktisk landbruk | 4,0 | 4,0 | 0,0 | |
Fjellandbruket | 4,0 | 4,0 | 0,0 | |
Rekruttering og kompetanse i landbruket | ||||
Nasjonalt rekrutteringsprosjekt | 2,0 | 0,0 | -2,0 | |
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | 14,0 | 14,0 | 0,0 | |
Regionale tilskott til rekruttering og kompetanseheving | 14,0 | 14,0 | 0,0 | |
Nasjonal modell for vaksenagronom | 17,0 | 17,0 | 0,0 | |
Mentorordning | 4,0 | 4,0 | 0,0 | |
Forsking og utvikling | 82,0 | 82,0 | 0,0 | |
PRESIS- Presisjonsjordbruk i praksis | 4,0 | 4,0 | 0,0 | |
Matmerk | 63,0 | 63,0 | 0,0 | |
Utviklingsprogrammet | 92,0 | 92,0 | 0,0 | |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | 87,0 | 97,0 | 10,0 | |
Skogbruk | 257,0 | 257,0 | 0,0 | |
Oppfølging av handlingsplan mot villsvin | 2,0 | 2,0 | 0,0 | |
Midlar til konfliktføreb. tiltak jordbruk/reindrift | 1,5 | 1,5 | 0,0 | |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | 127,0 | 132,0 | 5,0 | |
Drenering | 68,0 | 68,0 | 0,0 | |
Tilskott til tiltak i beiteområde | 23,0 | 23,0 | 0,0 | |
Handlingsplan for plantevernmidlar | 12,0 | 12,0 | 0,0 | |
Klima- og miljøprogram | 22,0 | 2,0 | 28,0 | 6,0 |
Klimasmart landbruk | 8,0 | 0,0 | -8,0 | |
Biogass | 5,0 | 9,0 | 4,0 | |
Støtte verdsarvområda og utvalde kulturlandskap | 23,0 | 23,0 | 0,0 | |
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk | 34,0 | 34,0 | 0,0 | |
SUM tilskottsramme | 1 663,0 | 7,0 | 1 708,0 | 45,0 |
Rentestøtte – utbetalingar | 31,0 | 25,0 | -6,0 | |
SUM tilskottsramme inkl. utbetalingar rentestøtte | 1 694,0 | 7,0 | 1 733,0 | 39,0 |
Avsetjinga på 2 mill. kroner til nasjonalt rekrutteringsprosjekt som blei gjort for 2020 var eit eingongsbeløp og blir ikkje ført vidare i 2021. Midlar sett av i 2020 kan òg nyttast i 2021 til prosjektet. Avsetjinga til klimasmart landbruk på 8 mill. kroner til å ferdigstille klimakalkulator er òg ei løyving som ikkje blir ført vidare i 2021. Prosjektet kan disponere eventuelle unytta midlar til formålet i 2021.
Det er gjort følgjande justeringar samanlikna med 2020, jf. Prop. 120 S (2018–2019) Jordbruksoppgjøret 2019:
Midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-ordninga)
Avsetjinga aukar med 30 mill. kroner til 664,5 mill. kroner. Investeringar i gjødsellager og tak på kum skal prioriterast. 120 mill. kroner av avsetjinga er øyremerkt til nasjonalt program for investeringar i grøntsektoren. Midlane skal gå til investerings-, kompetanse- og produktutvikling til produsentar i grøntnæringa. Nye produsentar bør prioriterast ved marknadsvekst.
Nasjonale tilretteleggingsmidlar
Dagens avsetjing på 8 mill. kroner blir ført vidare. Det blir sett av 5 mill. kroner til utviklingsprosjekt innanfor grøntsektoren og klimaområdet, jf. særskild omtale av dette i kapittel 4.1 og 4.2 i Prop. 118 S (2019–2020).
Forsking og utvikling
Dagens avsetjing på 82 mill. kroner blir ført vidare. 10 mill. kroner av avsetjinga skal øyremerkast grøntprosjekt. Det blir elles vist til særskild omtale av føringar for forskings- og utgreiingsprosjekt i kapittel 4.1 og 4.2 i Prop. 118 S (2019–2020). I tråd med desse føringane skal det setjast av midlar til eit forskingsprosjekt på fangvekstar. Det skal i tillegg setjast av midlar til ei utgreiing knytt til status og behov innan lager og pakkeri i grøntnæringa. Omfanget av utgreiingar blir ført vidare på omlag same nivå som i fjor.
Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping
Dagens avsetjing på 92 mill. kroner blir ført vidare. Det skal vurderast å føre vidare omdisponeringar knytte til koronapandemien i 2021.
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket
Tilskottsramma aukar med 10 mill. kroner til 97 mill. kroner. Utsleppsreduserande investeringar skal prioriterast.
Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)
Avsetjinga til SMIL aukar med 5 mill. kroner til 132 mill. kroner for 2021. Klimatilpassing, irekna særskilde hydrotekniske tiltak skal prioriterast.
Klima- og miljøprogrammet
Avsetjinga til Klima- og miljøprogrammet blir auka med 6 mill. kroner til 28 mill. kroner for 2021. Jord blir innlemma som tema i programmet, mellom anna som ei oppfølging av Jordprogrammet, og det blir øyremerkt midlar til utgreiingar i regi av rekneskapsgruppa for klimaavtalen for jordbruket, jf. omtale i kapittel 4.2 i Prop. 118 S (2019–2020).
Biogass
Tilskottssatsen for levering av husdyrgjødsel til biogassproduksjon blir auka til 100 kroner per tonn husdyrgjødsel. Tilskottsramma for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blir auka med 4 mill. kroner til 9 mill. kroner i 2021. Tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blei i si tid etablert som pilotordning, men er no ei ordinær ordning, jf. nærare omtale i kapittel 4.2 i Prop. 118 S (2019–2020).
Innovasjon og vekst i grøntsektoren
Satsinga på grøntsektoren som blei etablert i jordbruksoppgjeret 2019 blei ført vidare i jordbruksoppgjeret i 2020. Satsinga følgjer opp fleire av tiltaka frå rapporten til det rådgjevande utvalet for vekst og innovasjon i grøntsektoren som blei nedsett i samband med fjorårets jordbruksoppgjer. Tiltaka omfattar avsetjing av ei eiga investeringsramme for grøntsektoren på 120 mill. kroner innanfor IBU-ordninga, eigne prosjektmidlar og midlar til forskings- og utgreiingstiltak, oppmoding om å etablere eit forum for norsk grønt i grøntsektoren, i tillegg til auke i målprisar og areal- og distriktstilskott innan grøntproduksjonar.
Klimasatsinga over jordbruksavtalen
I dei forenkla forhandlingane blei partane samde om å prioritere tiltak som har klimaverknad. I 2019 blei det inngått ein intensjonsavtale mellom jordbruket og staten med mål om å redusere klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. I jordbruksoppgjeret blei det bestemt å auke satsinga på følgjande tiltak som blir bokført i den offisielle klimagassrekneskapen; fossilfri oppvarming og maskinpark, biogass, utvida gjødsellager og dekkje og miljøvenleg gjødselspreiing. Det blei òg prioritert å arbeide vidare med å styrkje kunnskapsgrunnlaget innanfor klimaområdet.
Ei rekkje ordningar blei prioriterte for å følgje opp klimainnsatsen, sjå omtale under dei ulike postane.
Post 70 Marknadstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
70.11 | Tilskott til marknadstiltak grøntsektoren | 27 400 | 31 400 | 31 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisutjamningsordninga | 238 350 | 234 347 | 200 745 |
70.13 | Tilskott til avrensordninga poteter | 38 000 | 38 000 | 41 000 |
Sum post 70 | 303 750 | 303 747 | 273 145 |
Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 70 på 273,1 mill. kroner i 2021.
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak i grøntsektoren
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetnad for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering, opplysningsverksemd og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens for andre produksjonar blir dette dekt gjennom omsetnadsavgift. Dette gir ei løyving på underposten på 31,4 mill. kroner i 2021.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningsordninga
Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg. Til og med 2020 har det òg blitt kompensert råvarekostnader for ein del norske varer som blir eksportert. Frå 2021 er det vedteke å avvikle ordninga med eksportrestitusjon. Det reduserer løyvinga med om lag 36 mill. kroner.
Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer. Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje. I 2020 har det òg vore store svingingar i valutamarknaden. Dette påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar òg løyvingsbehovet. Som for mykje anna er det stor uvisse i prisutviklinga på mat framover. Svekkinga av den norske kronekursen har redusert løyvingsbehovet. Dette er det teke omsyn til med ei redusert løyving. Målprisauken i jordbruksoppgjeret gir ein mindre auke i løyvinga. Samla gir dette ei løyving på underposten på 200,7 mill. kroner i 2021.
Underpost 70.13 Tilskott til avrensordninga poteter
Formålet med ordninga er å sikre avsetjing av norskproduserte avrenspoteter. Avrenspoteter er fråsorterte poteter som ikkje kan nyttast til mat eller industriproduksjon. Det blir gitt prisnedskrivingstilskott til produksjon av rektifisert potetsprit eller potetstivelse ved avtale om mottak av avrenspoteter frå godkjente omsetnadsledd i marknadsordninga for poteter. Dette gir redusert matsvinn og lågare klimagassutslepp.
I jordbruksoppgjeret blei satsane auka tilsvarande 3,0 mill. kroner. Dette gir grunnlag for ei løyving på underposten på 41,0 mill. kroner i 2021.
Post 71 Tilskott ved avlingssvikt, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som kjem av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Rapportering 2019
Det kom vel 500 søknader om tilskott for tap i sesongen 2019. Det er om lag halvparten av det som blir rekna som normalt, mens det i 2018 kom 15 000 søknader. Av desse blei 3 700 handsama og betalt ut i 2019 med 371 mill. kroner. For skadeåret 2019 blei det betalt ut om lag 10 mill. kroner og samla løyving blei på 380,6 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2021
I samband med dei tiltaka som blei sette i verk for å hindre spreiing av koronaviruset blei det sett i verk ei rekkje tiltak som mellom anna avgrensa mobiliteten av arbeidskraft. Dette gjorde det usikkert om grøntæringa ville klare å skaffe seg tilstrekkeleg sesongarbeidskraft. For å redusere risikoen for denne næringa, og hindre redusert produksjon som følgje av uvisse omkring tilgang på arbeidskraft blei partane samde om å utvide denne ordninga for sesongen 2020. Tap på grunn av mangel på arbeidskraft som følgje av tiltak mot spreiing av koronaviruset er teke inn som et vilkår for å få tilskott denne sesongen. Samstundes blei òg dei maksimale utbetalingane per vekstgruppe auka for grøntproduksjonane. Ut frå dette la partane til grunn ein auke i løyvinga på 1,5 mill. kroner i 2020 og 3,5 mill. kroner i 2021.
For avlingsåra 2020 og 2021 er det elles lagt til grunn eit normalt skadeomfang.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 71 på 46,5 mill. kroner i 2021.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
73.11 | Pristilskott ull | 116 784 | 124 000 | 115 000 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 664 858 | 701 100 | 670 000 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 1 466 360 | 1 453 400 | 1 449 000 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 3 088 | 3 500 | 3 400 |
73.17 | Pristilskott grøntsektoren | 147 506 | 152 300 | 171 600 |
73.18 | Frakttilskott | 339 287 | 385 700 | 405 350 |
73.19 | Pristilskott korn | 738 426 | 881 100 | 1 081 700 |
73.20 | Tilskott matkorn | 53 351 | 99 500 | |
Sum post 73 | 3 529 660 | 3 800 600 | 3 896 050 |
Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 73 på 3 896,1 mill. kroner i 2021.
Underpost 73.11 Pristilskott ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til å betre kvaliteten på norsk ull og sikre avsetnad i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei ordninga ført vidare med uendra satsar, men prognosane viser ein nedgang i volumet som gir grunnlag for ein reduksjon i løyvinga på 9 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 115,0 mill. kroner.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitemjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.
Distriktstilskottet blir gitt med ni ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskottet varierer frå null og opp til 189 øre per liter.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i satsane, mens det er prognosert ein redusert produksjon tilsvarande 31,1 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 670 mill. kroner. Løyvinga på underposten er fordelt med 70 mill. kroner til grunntilskott for geitemjølk og 600 mill. kroner i distriktstilskott for all mjølk.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for slakt av lam og kje.
Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet.
Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.
Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i satsane for pristilskott kjøtt. Volumprognosen gir ein liten reduksjon tilsvarande 4,4 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 1 449 mill. kroner. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 94 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 250 mill. kroner, distriktstilskottet 650 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 455 mill. kroner.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet utanom Rogaland. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret. Det gir ei løyving på underposten på 3,4 mill. kroner.
Underpost 73.17 Pristilskott grøntsektoren
Formålet med ordningane er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.
Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær. Det blir gitt tilskott for leveransar av pressfrukt til industri og til produksjon av matpotet i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til produksjon av salat samt veksthusproduksjon av tomat og slangeagurk.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott for areal- og kulturlandskap.
I jordbruksoppgjeret blei satsane i ordninga auka tilsvarande 10 mill. kroner. Distriktstilskott for frukt og bær blei auka tilsvarande 8,1 mill. kroner, salat og veksthusgrønsaker blei auka med 1,6 mill. kroner og potetproduksjon i Nord-Noreg med 0,3 mill. kroner. Den største auken i satsar blei gitt i sone 5.
Det er òg prognosert volumauke tilsvarande 9,3 mill. kroner. Samla forbruk over ordninga er etter dette berekna til 171,6 mill. kroner. Av dette er 139,3 mill. kroner for frukt og bær, 27,7 mill. kroner for salat, tomat og agurk og 4,9 mill. kroner til potetproduksjon i Nord-Noreg.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Ordninga omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.
I jordbruksoppgjeret blei det gitt ein auke i løyvingane for frakt av kjøtt frå produsent til slakteri med 12 mill. kroner og for frakt av kraftfôr med 8 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 405,4 mill. kroner. Av dette er 155,0 mill. kroner til frakt av kjøtt, 7,35 mill. kroner til frakt av egg, 82,0 mill. kroner til frakt av korn og 161 mill. kroner til frakt av kraftfôr.
Underpost 73.19 Pristilskott korn
Ordninga omfattar tilskott til prisnedskriving ved kjøp av norskprodusert korn for vidare sal eller tilverking av kraftfôr eller mat, og tilskott til føretak som nyttar norskprodusert korn i tilverking av mjøl eller andre cerealprodukt som blir nytta til mat (matkorntilskott). Gjennom desse ordningane kan ein då regulere prisen på råvarer til kraftfôr og matmjøl. For å fremje avsetnaden av økologisk korn og erter blir det gitt høgare satsar til økologisk produksjon.
Formålet med ordningane er å sikre avsetnad av norskprodusert korn, erter og oljefrø, og å regulere kostnadene og konkurransekrafta til norsk husdyrproduksjon, i tillegg til å styrkje konkurransekrafta til norsk cerealindustri.
I jordbruksoppgjeret blei målprisane for korn auka med i gjennomsnitt 12 øre per kg. For kveite av matkornkvalitet blei målprisen auka med 17 øre per kg, mens den blei auka med 13 øre per kg for havre og 10 øre per kg for bygg. Prisnedskrivingstilskottet til norskprodusert korn blei auka med vel 10 øre per kg. Saman med ein auke i løyvinga til frakt av kraftfôr rekna partane at råvarekostnaden av norsk korn til kraftfôr blir omlag uendra. I jordbruksavtalen blir det òg sett ein referansepris på soya til kraftfôr som styrer tollsatsane ved import og prisutjamninga på soya som er importert tollfritt. Dette gjer det lønsamt å bruke det norske kornet som karbohydratråvare.
Matkorntilskottet blei auka med knapt 7 øre per kg, og som gjer at heller ikkje råvarekostnaden på det norske kornet til mat blei endra i jordbruksoppgjeret.
Endringane i jordbruksoppgjeret krev ei auka løyving på 120,2 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 1 081,7 mill. kroner. Av dette er 978,5 mill. kroner til prisnedskriving og 108,2 mill. kroner til matkorntilskott.
Underpost 73.20 Tilskott matkorn
Tilskott til bruk av norsk matkorn blir frå 2021 lagt inn som ein av to delordningar på underpost 73.19.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
74.11 | Driftstilskott mjølk og kjøtt | 1 591 132 | 1 678 900 | 1 678 900 |
74.14 | Tilskott husdyr | 2 416 088 | 2 552 385 | 2 611 900 |
74.16 | Beitetilskott | 895 511 | 971 900 | 1 035 100 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 430 315 | 3 552 200 | 3 569 300 |
74.19 | Tilskott til regionale miljøprogram | 490 636 | 528 159 | 551 100 |
74.20 | Tilskott til økologisk jordbruk | 115 856 | 120 500 | 120 500 |
Sum post 74 | 8 939 538 | 9 404 044 | 9 566 800 |
Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 74 på 9 566,8 mill. kroner i 2021.
Underpost 74.11 Driftstilskott mjølk og kjøtt
Ordninga består av tilskott til føretak med mjølkeproduksjon og tilskott til føretak med kjøttproduksjon på ammekyr.
Formålet med driftstilskottet er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen og i produksjon av storfekjøtt. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik, og har òg ei geografisk differensiering.
Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har fem kyr eller meir. I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 5 000 kroner per føretak i sone 1, 2, 3 og 4, med 5 750 kroner i sone 5 og med 6 000 kroner i sone 6 og 7.
For driftstilskottet til ammekuproduksjon blei satsen auka med 4 280 kroner per føretak i sone 1–4 og med 5 600 kroner i sone 5–7. For føretak med mindre enn 40 kyr svarar det til 107 kroner og 140 kroner per ku.
Auken i satsane krev ei auka løyving på 52,9 mill. kroner som er likt med den innsparinga ein får på ordninga som følgje av reduksjon i talet på føretak.
Dette gir ei løyving på underposten på 1 678,9 mill. kroner. Av dette er 354,0 mill. kroner til kjøttproduksjon og 1 324,9 mill. kroner til mjølkeproduksjon.
Underpost 74.14 Tilskott husdyr
Formålet med tilskottet er å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg styrkje økonomien i honningproduksjon og bidra til bevaring av gener for gamle husdyrrasar.
Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir trappa ned med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei satsen for mjølkekyr, eggproduksjon og hjort auka tilsvarande 63 mill. kroner.
Verknaden av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet gir ein auke i løyvinga på 59,5 mill. kroner. Dette gir ei total løyving i 2021 på 2 611,9 mill. kroner.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå god utnytting av utmarksbeiteressursane.
Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark, kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for utmarksbeitetilskottet auka med 25 kroner per dyr for alle dyr, mens beitetilskottet ikkje blei endra. Satsendringane gir ei auka løyving tilsvarande 55 mill. kroner, mens prognosen for talet på beitedyr i 2021 gir ei auka løyving på 8 mill. kroner.
Dette gir ei samla løyving på 1 035,1 mill. kroner fordelt med 654,1 mill. kroner for dyr på utmarksbeite og 381,0 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, halde ved like og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og det må kunne dokumenterast oppfølging av miljøkrav knytt til produksjonen for å oppnå maksimalt tilskott.
Ordninga omfattar eit tilskott til kulturlandskap med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som oppfyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensierte ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og mellom distrikta.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for tilskottet til kulturlandskap for alt dyrka areal ikkje endra, medan det blei prioritert å stimulere korn- og potetproduksjon. For korn blei satsane auka med 9 kroner per dekar i heile landet, mens satsen for poteter blei auka med 185 kroner per dekar. For korn er det rekna til 25,6 mill. kroner og for poteter til 21,7 mill. kroner.
Dette gir ei samla løyving til arealtilskott i 2021 på 3 569,3 mill. kroner som er fordelt med 1 428,0 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 2 141,3 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Tilskott til regionale miljøprogram
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn gjennom eit regionalt og lokalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte. Dei regionale miljøprogramma har tiltak med tilhøyrande tilskott retta mot føretak innanfor følgjande område: redusert forureining til vatn og luft, varetaking av kulturlandskap og kulturminne, tilrettelegging for friluftsliv og tilgjenge, varetaking av biologisk mangfald, utslepp til luft, plantevern og miljøavtale. Nasjonalt miljøprogram legg rammene for utforminga av dei regionale miljøprogramma. Ordninga opnar for at fylka kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i deira eige område, og vil bidra til å hindre attgroing og stimulere til beiting og betre opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapporteringa tyder på stor aktivitet i fylka, og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet. Ny fireårig programperiode gjeld frå 2019 til 2022. Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein nasjonal instruks som dannar grunnlag for dei fylkesvise forskriftene. Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke, og dei regionale miljøprogramma gir ei målretting av miljøinnsatsen i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom generelle nasjonale ordningar.
I jordbruksoppgjeret var partane samde om å auke ramma for ordninga med 22,9 mill. kroner. Tiltak som skal bidra til å redusere klimagassutsleppa blei prioriterte, som miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og tilskott til fangvekstar.
Partane var òg samde om innføring av nye erosjonsrisikokart som grunnlag for tilskottsutmåling frå 2021, og at Landbruksdirektoratet må sjå nærare på fordelingsnøkkelen for ordninga. Tilskott til klimarådgiving skal implementerast som ein del av Regionale miljøprogram frå vekstsesongen/søknadsomgangen 2021. Dette gir ei løyving i 2021 på 551,1 mill. kroner.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk
Formålet med ordninga er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen er økologisk. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for det ekstra arealtilskottet til økologisk kornproduksjon auka med 7 kroner per dekar. Satsane for dei ekstra tilskotta til økologisk husdyrproduksjon blei auka med 3–6 pst. Endringa i satsane til økologisk produksjon aukar løyvinga med 3 mill. kroner tilsvarande prognosen for redusert løyving over ordninga.
Dette gir ei løyving i 2021 på 120,5 mill. kroner, som er fordelt med 71,0 mill. kroner i husdyrtilskott og 49,5 mill. kroner i arealtilskott.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 86 144 | 92 600 | 98 133 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 15 475 | 27 020 | 27 020 |
77.13 | Tilskott til rådgiving | 93 500 | 98 000 | 98 000 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 48 262 | 49 360 | 52 156 |
77.17 | Tilskott til fellesanlegg for frukt | 14 000 | 15 000 | 16 000 |
Sum post 77 | 257 381 | 281 980 | 291 309 |
Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 77 på 291,3 mill. kroner i 2021.
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Løyvinga skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å auke satsen i reisetillegget til veterinærreiser med kroner 1,50 per km, som gir ei auka løyving på 4,4 mill. kroner. Det er òg prognosert ein auke i forbruket på ordninga med 1,1 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på 98,1 mill. kroner, fordelt med 25,6 mill. kroner til semintenester, 59,2 mill. kroner til veterinærreiser og 14,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det er tre typar tilskott under ordninga: pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.
Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sortar.
For å sikre forsyninga av såkorn i år, med små volum eller dårleg kvalitet på norsk såkorn, blir det gitt tilskott til beredskapslagring av såkorn mellom avlingsåra. Tilskottet er 90 øre per kilo innanfor ei ramme på 10 mill. kroner. Det blei ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret. Dette gir ei samla løyving på underposten på 27,0 mill. kroner.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. NLR har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak, klimatiltak og HMS. Føringar for løyvinga i 2020 gjeld óg for 2021. Av den samla løyvinga skal minst 14 mill. kroner nyttast til HMS-rådgiving og HMS-relaterte tiltak, og minst 5,5 mill. kroner skal gå til byggjeteknisk rådgiving. NLR må gjere naudsynte prioriteringar innanfor ramma. Dette gir ei løyving på underposten på 98,0 mill. kroner.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for særskilde skadegjerarar, og med definerte eigenskapar som er tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert setjepotetavl er å stimulere til auka bruk av setjepoteter av høg kvalitet.
Det er lagt til grunn ein auke i forbruket på ordninga med 2,8 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 52,1 mill. kroner. Løyvinga er fordelt på desse ordningane:
Tabell 2.15 Fordeling på tilskott til kvalitetstiltak, 2021 (i mill. kroner)
Utvikling av plantemateriale, nordisk | 2,821 |
Utvikling av plantemateriale, oppformering | 12,875 |
Utvikling av plantemateriale, Graminor | 26,460 |
Kvalitetstiltak settepotetavl | 10,000 |
Sum underpost 77.15 | 52,156 |
Underpost 77.17 Tilskott til fellesanlegg for frukt
Formålet med tilskottet er å fremje samarbeid om lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.
I jordbruksoppgjeret blei ordninga styrkt med 1 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 16,0 mill. kroner.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
78.11 | Tilskott til avløysing | 1 164 695 | 1 224 267 | 1 224 267 |
78.12 | Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m. | 129 077 | 143 500 | 144 200 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga | 48 300 | 38 700 | 43 900 |
78.15 | Tilskott til landbruksvikarordninga | 65 898 | 68 228 | 68 228 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordninga | 68 998 | 72 500 | 72 550 |
Sum post 78 | 1 476 968 | 1 547 195 | 1 553 145 |
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 553,1 mill. kroner på post 78 i 2021.
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting, gjennom å bidra til finansiering av leigd arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak. Dei som søkjer om tilskott, skal kunne dokumentere faktiske kostnader til leigd arbeid.
I jordbruksoppgjeret blei både maksimalt tilskott per føretak og satsane per dyr auka med i underkant av 3 pst. Det nye taket er etter dette 85 800 kroner per føretak. Dette gir ei auka løyving på 31,3 mill. kroner, som er tilsvarande prognosen for innsparing som følgje av redusert tal på føretak. Dette gir ei løyving på underposten på 1 224,3 mill. kroner.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Brukarar kan få tilskott når dei på grunn av sjukdom, fødsel eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Grunnlaget for tilskott til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå satsar per dyr, og for veksthusprodusentar blir tilskottgrunnlaget fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskott per føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal sats per dag per bruk.
I jordbruksoppgjeret blei maksimal dagsats ført vidare med 1 670 kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 144,2 mill. kroner.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga
Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til NAV for å finansiere differansen i sjukepengar for næringsdrivande og jordbrukarar som får 100 pst. av sjukepengegrunnlaget ved sjukdom ut over 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå utbetalingane frå NAV. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Frå 1. oktober 2019 blir sjukepengane frå NAV heva frå 75 til 80 pst. av sjukepengegrunnlaget for sjølvstendig næringsdrivande. Dette reduserer løyvinga over jordbruksavtalen for å sikre jordbrukarar 100 pst. av sjukepengegrunnlaget. Det er prognosert ein auke i forbruket i 2021 med 5,2 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 43,9 mill. kroner.
Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga skal nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 283 900 kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 68,2 mill. kroner.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordninga
Formålet med ordninga er å bidra til eit enklare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Dei som får tidlegpensjon, kan òg få avtalefesta pensjon og arbeidsavklaringspengar, uførepensjon og etterlatenpensjon frå NAV. I jordbruksoppgjeret blei satsen for ein brukarpensjon auka med 5 200 kroner til 105 200 kroner. For tobrukarpensjon blir auken 8 320 kroner. Det gir ein auke i løyvinga på 3,5 mill. kroner som er lik den prognoserte nedgangen i bruken av ordninga. Dette gir ei løyving på underposten på 72,6 mill. kroner.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
85 | Marknadsordninga for korn | 3 221 | 50 | 50 |
Sum kap. 4150 | 3 221 | 50 | 50 |
Formål med løyvinga
Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.
Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut referanseprisar for protein og feitt som gir om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som soyabønner blir ikkje pålagde toll når dei blir importerte til Noreg som mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr, blir då pålagd ei prisutjamning.
Rapportering 2019
Inntektene har direkte samanheng med verdsmarknadsprisene på dei aktuelle råvarene det er prisutjamning på. For soyamjøl har satsen dei siste åra for det meste vore null, mens det på erteprodukt har vore avgift i enkelte månader. Det var noko avgift på soya i mai, juni og august som gjer at inntekta blei noko høgare enn budsjettert.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 36 700 | 36 600 | 42 400 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 7 500 | 7 300 | 7 300 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 84 036 | 88 200 | 95 800 |
79 | Velferdsordningar, kan overførast | 2 442 | 4 000 | 4 000 |
Sum kap. 1151 | 130 678 | 136 100 | 149 500 |
Formål med løyvinga
Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.
Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftslova det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til kvar tid står overfor.
Nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken finst under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
På same måte som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150 er det behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla i Totalrekneskapen for reindrifta frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa er supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av ordningane blir dekte innanfor løyvingane til Landbruksdirektoratet over kapittel 1142. For å kunne ha naudsynt fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å dekkje kostnader til utviklings- og utgreiingsoppgåver og større evalueringar over nokre av ordningane.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Norge. På desse områda har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Norge. Vidare forvaltar styret for Reindriftens utviklingsfond ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskott, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.
Rapportering 2019
Reindriftslova skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane.
For reindriftsutøvarane som sjølvstendig næringsdrivande er det mange forhold, òg utanom reindriftsavtalen, som påverkar inntektene og den naudsynte tilpassinga det enkelte året. Årleg kalvetilgang, samla tap og slaktevekter varierer markant mellom reinbeiteområda i Noreg. Dette er skilnader som har gjort seg gjeldande over tid, og dei kjem mellom anna av variasjon i rovdyrbestanden og ulike føresetnader for drift mellom område. Utviklinga i årleg kalvetilgang, tap og slaktevekter er viktige indikatorar for å vurdere økologisk og økonomisk berekraft i reindriftsnæringa. Tilsvarande vil talet på personar i næringa verke inn på kor mange som kan ha reindrift som hovudverksemd.
Den viktigaste føresetnaden for å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft er at reintalet er i samsvar med beitegrunnlaget, at areala reindrifta kan nytte til auka produksjon og lønsemd blir tekne vare på, og at tapet av rein blir redusert. Tal frå Totalrekneskapen for reindriftsnæringa viser ein auke i resultatmåla frå 2017 til 2018. Samla sett blir vederlag for arbeid og eigenkapital auka frå 111,9 mill. kroner til 151,3 mill. kroner. Per årsverk blir vederlaget for arbeid og eigenkapital auka frå 119 200 kroner til 169 443 kroner. Årsaka til at resultatmåla er høgare, er auka kjøttinntekter og auka erstatningar. I tillegg har ikkje kostnadene auka så mykje som tidlegare. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte området.
Budsjettframlegg 2021
Den 27. februar 2020 kom staten og Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) fram til ein avtale for 2020/2021. Reindriftsavtalen for 2020/2021 har ei ordinær ramme på 149,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 13,4 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2019/2020. Reindriftsavtalen 2020/2021 fører vidare prioriteringa av dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd. På bakgrunn av reduksjonen i produksjonsinntektene og at prosessen med tilpassing av reintal nyleg er gjennomført, har det vore viktig å føre vidare hovudlinene i tilskottssystemet. Det gir stabilitet for næringsutøvarane. Ei vidareføring støttar òg opp om dei reindriftsutøvarane som har følgt opp vedtak om reduksjon av reintalet. Siidaandelar som ikkje følgjer slike vedtak, har heller ikkje rett til tilskott over avtalen.
Reindriftsavtalen 2020/2021 er den sjuande avtalen der regjeringa Solberg har blitt samd med NRL. Semje i avtaleforhandlingane er viktig for å støtte opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og NRL.
Reindriftsavtalen 2020/2021 blei handsama av Stortinget 9. juni 2020, jf. Prop. 99 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2020/2021 m.m.) og Innst. 345 S (2019–2020). Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2021 i samsvar med dette.
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Formål med løyvinga
Reindriftens utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla.
Rapportering 2019
I 2019 blei det utbetalt 42,6 mill. kroner frå Reindriftens utviklingsfond.
Budsjettframlegg 2021
Avtalepartane er samde om følgjande fordeling av løyvinga til Reindriftens utviklingsfond:
1,5 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak
8,2 mill. kroner til Utviklingsprogrammet
2,5 mill. kroner til fagbrevordninga
5,0 mill. kroner til ulike tiltak for marknadsføring
4,5 mill. kroner til pramming av rein
3,5 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester
0,5 mill. kroner til oppfølging og kontroll av optisk klassifisering av rein
3,0 mill. kroner til beredskapsfond
2,5 mill. kroner til frakttilskott
0,3 mill. kroner til rapportering av slaktet rein
2,0 mill. kroner til HMS-arbeid i reindrifta
3,2 mill. kroner til kompensasjon til distrikt som er utestengde frå vinterbeite i Sverige
I tillegg skal 4,95 mill. kroner bli stilt til disposisjon for styret for Reindriftens utviklingsfond, og skal disponerast etter forskrift om Reindriftens utviklingsfond.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 42,4 mill. kroner til Reindriftens utviklingsfond.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Formål med løyvinga
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor, krev aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet skal medverke til at Norske reindriftsamers landsforbund kan delta aktivt i prosessar som er viktige for reindrifta, og for ei utvikling av reindrifta i samsvar med dei til kvar tid vedtekne politiske mål og retningsliner i reindriftspolitikken.
Rapportering 2019
Det blei utbetalt 7,3 mill. kroner til Norske reindriftsamers landsforbund i 2019.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,3 mill. kroner i 2021.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
Formål med løyvinga
Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa.
Kostnadsenkande og direkte tilskott er sett saman av fleire ulike tilskottsordningar, som er samla i forskrift om tilskott til siidaandelar og tamreinlag, og i forskrift om tilskott til reinbeitedistrikt og tamreinlag.
Rapportering 2019
Produksjonspremie
Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Grunnlaget for berekning er inntekt frå avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Produksjonspremien skal utbetalast til eigaren av siidaandelen. I 2019 blei det utbetalt 35,4 mill. kroner i produksjonspremie.
Avtalepartane blei samde om å auke prosentsatsen for produksjonspremien frå 34 til 36. Det er sett av 40,4 mill. kroner til produksjonspremie i 2021.
Tilskott til etablering
Tilskott til etablering skal støtte opp om reindriftsutøvarar under 35 år som har fått overdrege siidaandel. Det blei utbetalt 3,7 mill. kroner til tilskott til etablering i 2019.
Det er sett av 4,4 mill. kroner til tilskott til etablering i 2021.
Særskild driftstilskott til ungdom
Tilskottet skal støtte opp om leiarar av siidaandelar som er under 30 år, og som er i ei etableringsfase der dei byggjer opp eiga drift. Det blei utbetalt 2,2 mill. kroner i særskild driftstilskott til ungdom.
Det er sett av 2,2 mill. kroner til særskild driftstilskott til ungdom i 2021.
Kalveslaktetilskott
Formålet med kalveslaktetilskottet er å stimulere til at ein større del av kjøttproduksjonen er basert på kalv, noko som er ressursøkonomisk gunstig. Uttak av kalv dempar presset på vinterbeita og reduserer tapa i løpet av vinteren. Eit større uttak av kalv medverka òg til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr. I 2019 blei det utbetalt 26,3 mill. kroner i kalveslakttilskott.
Det er sett av 24,5 mill. kroner til kalveslaktetilskott i 2021.
Ektefelletillegg
Formålet med ektefelletillegget er å støtte opp om den familiebaserte reindrifta. Det kan givast eit tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane er aktive i reindrifta i ein siidaandel. I 2019 blei det utbetalt 0,9 mill. kroner i ektefelletillegg.
Det er sett av 1,1 mill. kroner til ordninga i 2021.
Særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining
Formålet med særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining er å støtte opp om kvinner i reindrifta. Det blir gitt eit tilskott på 25 000 kroner. Det er sett av 1,9 mill. kroner til ordninga med særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining. Tilskottet blei innført i Reindriftsavtalen 2019/2020, og blei første gang utbetalt i 2020.
Det er sett av 1,9 mill. kroner til ordninga i 2021.
Tilskott til reinbeitedistrikt og tamreinlag
Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta større ansvar for ei berekraftig utvikling av næringa. Det inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikre areala til reindrifta, få betre lønsemd, leggje til rette for kriseberedskap, arbeide med helse, miljø og tryggleik og dessutan gi høve til ferie og avløysing ved sjukdom og svangerskap utover ordningane i folketrygda. I 2019 blei det utbetalt 15,3 mill. kroner i distriktstilskott.
Avtalepartane blei i Reindriftsavtalen 2020/2021 samde om å gi moglegheit for å nytte distriktstilskottet til å dekkje kostnader til avløysar ved ferie og fritid.
Det er sett av 21,8 mill. kroner til tilskott til reinbeitedistrikt og tamreinlag i 2021.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving til kostnadssenkande og direkte tilskott på 95,8 mill. kroner for 2021.
Post 79 Velferdsordningar, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med posten er å sikre gode velferdsordningar for reindriftsnæringa. Posten omfattar innbetaling av medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Posten omfattar òg tidlegpensjon og ei ordning for tilskott til leigd hjelp ved svangerskap og fødsel.
Sjølvstendig næringsdrivande får sjukepengar som svarar til 80 pst. av inntektsgrunnlaget. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen gjer det mogleg for reindriftsutøvararar å få sjukepengar som svarar til 100 pst. av inntektsgrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget.
Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.
Rapportering 2019
I 2019 blei det utbetalt 2,4 mill. kroner frå posten.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,0 mill. kroner i 2021.
Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
70 | Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver | 14 194 | 14 123 | 14 052 |
75 | Tilskott til oppsyn i statsalmenningar | 10 141 | 10 090 | 10 040 |
Sum kap. 1161 | 24 335 | 24 213 | 24 092 |
Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver
Formål med løyvinga
Posten omfattar tilskott til dei kostnadene Statskog SF har med delegerte styresmaktoppgåver og sektorpolitiske oppgåver, slik dei går fram av ei avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet.
Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningene (statsallmenningslova), og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til bruksrettshavarar. I tillegg skal tilskottet dekkje driftskostnader der det blir selt virke til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og statsallmenningslova. Kostnadene Statskog SF har med forvaltninga av tilskottet til oppsyn, jf. post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar, blir òg dekte over denne posten.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarane av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat, Fjelltenesta for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevare biologisk mangfald. Fjelltenesta sel òg tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom andre Statens naturoppsyn (SNO). Fjelltenesta har stor kunnskap om lokale forhold og tek òg del i redningsaksjonar etter oppmoding frå politiet. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med SNO om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.
Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebryggjer. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmaktene og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Rapportering 2019
På post 70 er det i 2019 rekneskapsført 14,2 mill. kroner, i samsvar med løyvinga det året. Bruken av midlane er fordelt mellom oppgåver på statsallmenningsgrunn, oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenningar og ulike tiltak som gjeld all statsgrunn.
Oppgåver på statsallmenningsgrunn
Rekneskapen for oppgåvene på statsallmenningsgrunn viser at det blei brukt om lag 2,0 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane. Det blei utvist 4 740 kubikkmeter tømmer og ved til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda i statsallmenningar med virkesrett. Til samanlikning blei det avverka 510 kubikkmeter i statsallmenningar med virkesrett utan fond, slik at den samla avverkinga i statsallmenningane med virkesrett i 2019 var på 5 250 kubikkmeter. Det blei utført skogkultur i statsallmenningane for om lag 171 000 kroner i 2019. Dette er ei halvering i forhold til 2018. Årsaka er nedgang i hogsten. Det blei planta på om lag 80 dekar og utført ungskogpleie på 100 dekar.
Oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenning
Statskog SF Fjelltenesta har, med midlar frå denne budsjettposten, oppgåver knytte til oppsyn, nærvær og brukarkontakt utanom statsallmenning. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala, og skal mellom anna avdekkje og førebyggje ulovleg aktivitet, bidra til sikker ferdsel i fjellet og informere om lovleg og fornuftig åtferd.
Rekneskapen viser at det blei brukt 5,0 mill. kroner til oppsyn utanom statsallmenning i 2019. Det blei levert om lag 4 500 timer til oppsyn og brukarkontakt i Nordland og Troms. Samanlikna med dei tidlegare åra, er det for 2019 ein sterk auka i talet på personar som er blitt kontrollert eller fått informasjon frå Fjelltenesta i felt. I enkelte tilfelle er ulovleg hogst og barmarkskøyring i hyttefelt melde til politiet.
I 2019 var det fem tilfelle der Fjelltenesta på oppmoding frå politiet deltok i større eller mindre aksjonar der folk var sakna i fjellet. Spesielt krevjande var bistanden i samband med skredet i Tamokdalen i Troms i januar.
Ulike friluftslivstiltak på all statsgrunn
Statskog SF skal leggje til rette for bruk av naturen. Det blei brukt om lag 6 mill. kroner på arbeidet med tilrettelegging for friluftsliv i 2019. Det er om lag same nivå som i 2018. Oppgåvene er nedfelte i ein eigen handlingsplan for friluftsliv for perioden 2016–2020. Arbeidet med ein ny plan for perioden 2021–2025 er starta opp. Midlane er brukte til tilsyn og vedlikehald av anlegg, informasjonsarbeid og samordna visning av informasjon om opne husvære på nettsidene godtur.no, statskog.no og ut.no. Statskog SF har hatt stor merksemd på brannsikring av dei opne husværa.
Statskog Fjelltenesta har stadig ei viktig rolle innanfor tilrettelegging for friluftslivet i Nord-Noreg. Fjelltenesta utfører oppdrag for fleire instansar. Fleire turistforeiningar og turlag har drege nytte av Statskog SFs assistanse, når det ligg til rette for å kombinere driftsoppgåver med mellom anna å sjå innom hytter og bruer langs løypenettet.
Andre oppgåver
Etter at Riksantikvaren i 2017 vedtok å frede 20 lokalitetar med kulturhistoriske eigedommar i Statskog SFs eige, er det i 2018 og 2019 gjennomført synfaring og registrering av bygningar i regionane Troms, Helgeland, Midt-Noreg og Sør-Noreg. Arbeidet gir grunnlag for forvaltningsplanar der vedlikehaldsarbeid og særskilde rehabiliteringstiltak inngår. Ein eigen mal for praktisk orienterte forvaltningsplanar for freda anlegg blei gjort klar på ettersommaren i 2019. Denne skal òg brukast for dei andre anlegga i Statskog SFs landsverneplan, der Statskog SF sjølv skal ta vare på verneverdiane på liknande vis som det som er formelt freda.
Det aller meste av Statskog SFs areal i Trøndelag og Nord-Noreg ligg innanfor det samiske reinbeiteområdet. Statskog SF legg vekt på god dialog og samarbeid med næringa. Statskog SF har i 2019 arbeidd vidare med kartlegging av reindrifta sine anlegg på statsgrunn. Status i kartleggingsarbeidet er at det er om lag 600 hytter og anlegg som høyrer til reindrifta på eigedommane. Arbeidet skal føre til avklaring av eigarforhold og heimel til anlegga.
Statskog SF deltek i Noreg digitalt for å sikre tilgang til kartdata som trengst for å kunne utføre oppgåvene sine.
Grunneigarfondet
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av eit fond for grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane. Halvparten av inntektene frå hytter og hotell går til det aktuelle fjellstyret. I tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til å dekkje utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til støtte til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Bruk av fondet til slike tiltak skal gjerast i samråd med Noregs fjellstyresamband.
Inntektene i grunneigarfondet var i 2019 på 27,0 mill. kroner, mot 32,7 mill. kroner i 2018. Årsaka til nedgangen er reduserte inntekter frå feste- og fallrettar og sal av grus og malm.
Kostnadene i 2019 var på 23,1 mill. kroner. Tilskottet til Noregs fjellstyresamband var på 3,4 mill. kroner i 2019, og det blei gitt 4,7 mill. kroner i tilskott til tiltak i statsallmenningane. Resultatet for 2019 blei etter dette eit underskott på 3,5 mill. kroner. Behaldninga i Grunneigarfondet var 31. desember 2019 på 30,9 mill. kroner. Det tilsvarande talet i 2018 var 34,5 mill. kroner.
Økonomien i grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SFs oppgåver i statsallmenningane og for moglegheita til å bruke midlar til tiltak i statsallmenningane. Fondet er på eit nivå som gjer det mogleg å nytte meir av midlane til tiltak enn tidlegare.
Allmenningsfond
Allmenningsfond i statsallmenningar med virkesrett blir forvalta av Statskog SF og det enkelte allmenningsstyret i fellesskap. Allmenningsfondet er delt i tre delar: éin del som skal dekkje investeringar i skogen i allmenningen og dekkje virkesretten der han blir utøvd ved fellesdrift, éin del som er skogfond etter skogbrukslova, og éin del som er erstatningar for vern. Allmenningsfonda var 31. desember 2019 på 142,1 mill. kroner. Av det utgjer erstatning for vern av skog 127,9 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,1 mill. kroner til myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn.
Oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei som har bruksrett, utarbeiding av skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar og anna. Også i 2021 skal Statskog SF prioritere takseringar og miljøregistreringar av skogen i statsallmenningane.
Statskog Fjelltenesta skal halde fram med å føre tilsyn på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt. Prioriterte oppgåver er førebyggjande arbeid gjennom informasjon og rettleiing om regelverket samt trygg og sikker ferdsel i fjellet. Fjelltenesta skal yte bistand og delta på redningsaksjonar på førespurnad frå politiet.
Statskog SF skal i 2021 halde fram med å leggje til rette for bruk av og tilgang til areala for allmenta. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar tryggleik for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse husværa blei tidlegare nytta i næringsverksemd og er viktige kulturberarar som bør haldast i stand så langt det er mogleg. Statskog SF skal halde fram samarbeidet med andre aktørar for å rette merksemd mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på annan statsgrunn.
Arbeidet med kartlegging og statusgjennomgang av reindriftsanlegg på statsgrunn vil halde fram.
Statskog SF skal i 2021 fortsetje arbeidet med forvaltningsplanar og tiltak i tråd med desse for verna bygningar i føretaket sitt eige.
Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Posten dekkjer tilskott til refusjon av kostnader ved oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Etter § 36 i statsallmenningslova kan fjellstyra tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn mottek løn av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene over denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å sikre samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særleg ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har som formål å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Fjelloppsynet skal følgje opp føresegner gitt i eller i medhald av fjellova, og vere sakshandsamar for fjellstyra. Dette omfattar tilsyn med utøvinga av bruksrettane og jakt og fiske. Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningane på vegner av staten som grunneigar etter nærare prioriteringar gitt av Statskog SF. Fjelloppsynet skal òg føre kontroll med at lovene som er nemnde i naturoppsynslova § 2, blir følgde. Fjelloppsynet skal i slike tilfelle følgje instruks frå SNO. Fjelloppsynet sel tenester til SNO, og kostnader med desse tenestene blir dekte av SNO, ikkje frå løyvinga på denne posten. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.
Rapportering 2019
I 2019 blei det løyvd 10,1 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av budsjett, rekneskap og rapportering frå fjellstyra, etter ein nøkkel som mellom anna kjem samarbeidsordningar og små fjellstyre til gode. 66 av 94 fjellstyre har fått tilskott i 2019. Fjelloppsynet hadde 67 årsverk i 2019. Av dei er 49 årsverk brukte på oppgåver som gir rett til tilskott.
Noko over 40 pst. av tilskottet er brukt på arbeid i felt knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. Delen brukt til oppsyn er gått noko ned frå 2018. Årsakene er aukande krav til formell sakshandsaming og auka medverknad i offentleg planarbeid og verneprosessar. For 2019 er talet på kontrollar på om lag same nivå som i 2018, mellom 6 000 og 7 000. Det er rapportert om 85 ulovlege forhold. Dette er på om lag same nivå som i 2018, og framleis på eit lågare nivå enn det var tidleg på 2000-talet.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,0 mill. kroner. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Oppsyn i statsallmenningar skjer gjennom både fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO fører. Den lokale forankringa og kunnskapen fjelloppsynet har, er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er naudsynt med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
70 | Forskingsavgift på landbruksprodukt | 168 881 | 170 000 | 170 000 |
72 | Jeger- og fellingsavgifter | 93 000 | 90 000 | 82 780 |
Sum kap. 5576 | 261 881 | 260 000 | 252 780 |
Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt
Formål med løyvinga
Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt blei oppretta i medhald av lov 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og på fôrkorn til husdyr. Inntektsposten har ein motsvarande utgiftspost under kap. 1137, post 54. Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.
Post 72 Jeger- og fellingsavgifter
Formål med løyvinga
Jeger- og fellingsavgiftene som blir betalte inn til Viltfondet, blir inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Posten dekkjer utgifter under kap. 1140. I tillegg dekkjer posten òg nokre av utgiftene til viltforsking i Norsk institutt for naturforskning (NINA) under kap. 1410, post 50 og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01.
Budsjettframlegg 2021
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 82,8 mill. kroner i 2021. Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til Viltfondet i 2020 og 2021, jf. omtale av fondet nedanfor.
Mål
§ 40 i viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastset», og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget retningslinene for bruken av midlane i Viltfondet. Av retningslinene går det mellom anna fram:
«Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.»
Det er ein føresetnad for den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde ovanfor, at om lag halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta, og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein, skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt, det vil si vilt som døyr av andre årsaker enn ordinær jakt.
Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning der midlar frå innbetalte avgifter frå året før blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.
Jeger- og fellingsavgiftene blei sist endra i 2019, og departementet gjer framlegg om å justere avgiftene i 2021. Framlegg om satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabell 2.16. Grunna omlegging til meir digitale løysingar for jegerane vil noko av inntektene til Viltfondet endre seg i forhold til tidlegare år. Mellom anna vil det ikkje bli kravd gebyr for utsending av ekstra jegeravgiftskort, fordi jegerane sjølve kan laste ned dette digitalt.
Oversikta i tabell 2.16 viser òg inntektene for kommunane i 2021, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 2.16 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter, 2021 (i kroner)
Type avgift | Storleiken på avgifta i 2021 | Estimert tal på innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt | 360 | 188 000 | 67 680 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt | 100 | 117 000 | 11 700 000 | Viltfondet |
Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk1 | 220 | 12 500 | 2 750 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein | 320 | 3 200 | 1 024 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv | 190 | 1 200 | 228 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter | 83 382 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg | 580 | 20 000 | 11 600 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv | 340 | 10 000 | 3 400 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort | 450 | 33 000 | 14 850 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv | 270 | 13 500 | 3 645 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter | 33 495 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing skjer etterskottsvis i 2021 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2019/2020.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 2.17.
Tabell 2.17 Berekning av kapital i Viltfondet, 2021 (i 1 000 kr)
= | Saldo 31.12.19 | 2 848 |
+ | Budsjettert innbetalt i 20201 | 80 978 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2020 (utbetalingar frå fondet) | 81 000 |
= | Budsjettert saldo 31.12.20 | 2 826 |
+ | Budsjettert innbetalt i 20212 | 83 582 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2021 (utbetalingar frå fondet) | 82 780 |
= | Budsjettert saldo 31.12.21 | 3 628 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,3 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,2 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Landbruks- og matdepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet det same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Inntektene over kap. 5576, post 72 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1140, post 01, 21 og 71, kap. 1420, post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410, post 50. Planlagd bruk av inntektene går fram av tabell 2.18.
Tabell 2.18 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2021 (i 1 000 kr)
Formål | ||
---|---|---|
+ | Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap. 1140, post 01) | 14 920 |
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 1 591 |
+ | Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.m. (kap. 1140, post 21) | 21 890 |
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 2 852 |
+ | Hjortevilttiltak, særskilde villreintiltak, lokale vilttiltak, viltovervaking (kap. 1140, post 71) | 35 278 |
= | Sum under kap. 1140 | 76 531 |
+ | Viltforsking, NINA (kap. 1410, post 50) | 2 982 |
+ | Tilskottsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420, post 01) | 3 267 |
= | Totalsum | 82 780 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Det er kommunane som har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt. Det er òg nasjonale oppgåver innanfor desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom eit tillegg til jegeravgifta for hjorteviltjegerar. På denne måten medverkar hjorteviltjegerane til finansieringa av naudsynte nasjonale oppgåver.
Det er behov for at Miljødirektoratet gjennomfører sentrale analysar av individ som blir funne som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartane. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er difor budsjetterte under kap. 1140, post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artane der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
5652 | Statskog SF – renter og utbytte | 80 000 | 33 750 | 9 000 | -73,3 |
Sum kategori 15.40 | 80 000 | 33 750 | 9 000 | -73,3 |
Landbruks- og matdepartementet forvaltar staten sine eigarinteresser i statsføretaket Statskog SF og i aksjeselskapa Graminor AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Staur gård AS. Statens eigarskap i desse fire selskapa er grunngitt i sektorpolitiske mål. I tillegg er forvaltninga av eigarinteressene i aksjeselskapa Instrumenttjenesten AS og ITAS eierdrift AS delegert til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Det er berre for Statskog SF det blir budsjettert med utbytte for 2021, jf. omtale under kap. 5652.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens NIBIO og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2019 ein omsetnad på 66,1 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 0,8 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2019.
Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda som er lagd til grunn for drifta av selskapet i 2020. Ein ny strategi er under utarbeiding og vil bli vedteke i løpet av 2020. I strategien er verksemda presentert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegner av staten. I strategien til verksemda er det lagd til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2021.
Staten kategoriserer dei direkte eigde selskapa på grunnlag av formålet med eigarskapen. Statens eigarpost i Graminor AS er plassert i kategori 3, der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen. Målet med statens eigarskap i selskapet er å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og nasjonalt referanselaboratorium for såvareanalysar. Selskapet har bygd opp kompetansen sin gjennom over 130 år og blei i 2004 omdanna til aksjeselskap. Staten eig 51 pst. av aksjane, Felleskjøpet Agri SA eig 34 pst., og Strand Unikorn AS eig 15 pst. Staten har ikkje eigarinteresser i selskapet av forretningsmessige grunner, og Kimen er plassert i ein kategori der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen (kategori 4). Formålet med eigarskapen i Kimen er å sikre at norske såvareverksemder får utført dei analysar det er behov for, jf. forskrifter innan såvarer, floghavre, plantehelse og planteproduksjonsområdet.
Kimen hadde i 2019 driftsinntekter på 11,5 mill. kroner og eit underskott på 1,3 mill. kroner. Eigenkapitalen er på 82 pst. Det blei ikkje utbetalt utbytte i 2019, og det blei ikkje budsjettert med ordinært utbytte for 2020.
Styret for Kimen har i 2019 arbeidd med framtidig strategi for selskapet, mellom anna med ein studietur til Danmark for å sjå kva ny teknologi kan medføre av endringar i selskapet. Arbeidet med ny strategiplan held fram i 2020 under leiing av ny dagleg leiar.
Nokre av utfordringane for Kimen framover er svingingar i etterspørselen etter analysetenester. Bygningen der Kimen leiger lokale av Mattilsynet har blitt seld og skal rivast. Arbeid med å finne nye lokale har difor vore sentralt for Kimen.
Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere naudsynt dei kommande åra.
Staur gård AS
Selskapet Staur gård AS er 100 pst. eigd av staten ved Landbruks- og matdepartementet. Selskapet er under avvikling. Staur gård AS har hatt ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange, som òg er eigd av staten ved departementet. Verksemda i Staur gård AS har gått ut på å leggje til rette for jordbruksrelatert forskings- og forsøksverksemd på eigedommen og ordinær landbruksverksemd på andre areal. I tillegg har selskapet drive gjestegard og anna utleigeverksemd. I Prop. 114 S (2018–2019) blei det fremja forslag om å avvikle selskapet og å selje eigedommen Staur gård. Dette hadde bakgrunn i at regjeringa meiner landbrukseigedommar bør eigast og driftast av andre enn staten. Vidare meiner regjeringa at det ikkje er ei statleg oppgåve å eige, drive eller leggje til rette for eit kurs- og konferansehotell. Staur gård AS driv verksemd i ein konkurranseutsett marknad, og det er ikkje ønskjeleg at staten risikerer å utkonkurrere lokale og regionale gjestegardar. Regjeringa meiner vidare at det finst meir effektive måtar å støtte opp om forsking og utvikling i landbruket på enn via eit statsaksjeselskap. Stortinget gav i tråd med Innst. 391 S (2018–2019) departementet fullmakt til å avvikle Staur gård AS.
I generalforsamlinga 24. juni 2019 blei selskapet vedteke oppløyst. Selskapet avvikla i siste halvår 2019 gjestegarden, og drifta har etter dette omfatta drift av landbruksareala, vedlikehald av bygg og klargjering av eigedommen for sal. Departementet starta i andre halvdel av 2019 ein prosess med sal av eigedommen og kontrakt med kjøpar blei signert mot slutten av 2019. Selskapet har drifta eigedommen i påvente av at kjøpar skal få konsesjon. Når ny eigar overtek eigedommen, vil selskapet bli endeleg oppløyst.
Selskapet hadde i 2019 ein omsetnad på 9,9 mill. kroner og eit underskott på 1,9 mill. kroner. Per 31. desember 2019 hadde selskapet ein eigenkapital på 5,7 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte i 2020, og det blir ikkje budsjettert med ordinært utbytte for 2021.
Instrumenttjenesten AS
Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar, som òg var eigarar. Statens formål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens NMBU forvaltar 40 pst. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2018–2019) gav Stortinget samtykke til at NIBIO og Veterinærinstituttet (VI) sitt eigarskap i Instrumenttjenesten AS kunne avviklast, og at verksemdene kan nytte inntektene frå salet. Oppfølging av vedtaket held no på. Instrumenttjenesten AS hadde i 2019 ein omsetnad på 11,5 mill. kroner og eit driftsresultat etter skatt på 423 000 kroner. Resultatet er vesentleg betre enn i 2018.
Med utgangspunkt i Innst. 8 S (2018–2019) har Stortinget vedteke at departementet kan avvikle NIBIO og Veterinærinstituttet sitt eigarskap i Instrumenttjenesten AS. Arbeidet med avviklinga er godt i gang, men tek lengre tid enn først estimert. NIBIO tek sikte på at avviklinga er ferdigstilt innan utgangen av 2021.
Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 |
85 | Utbytte | 80 000 | 33 750 | 9 000 |
Sum kap. 5652 | 80 000 | 33 750 | 9 000 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 kvadratkilometer) statsallmenning, der eigedommar med allmenningsrett har rett til å få vist ut tømmer og ved, beite og seter.
Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette, og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF og utgjorde 43 pst. av bruttoinntektene i 2019. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk. I 2019 var den samla hogsten på 232 000 kubikkmeter. Dette er lågare enn i 2018, og Statskog SF ventar at avverkinga vil liggje lågt i ein periode på grunn av mindre tilgjengeleg hogstmoden skog, før avverkinga igjen kan auke på lengre sikt.
Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Departementet si styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte når det trengst.
Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handterte gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF om mellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
Vidareføring og utviding av arronderingssalet frå Statskog SF
Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SFs skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011 og omfatta frå starten spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010. I eit ekstraordinært føretaksmøte i januar 2016 blei det opna for at Statskog SF kan utvide arronderingssalet med opp til 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket. Føretaket har innarbeidd ei slik utviding i planane sine, der det er lagt opp til at salet vil halde fram til 2021.
Arronderingssalet vil betre eigedomsstrukturen i føretaket og samstundes bidra til å styrkje det private skogbruket.
Ved utgangen av juni 2020 var det selt 218 eigedommar som til saman utgjer om lag 543 603 dekar der kjøparen har fått konsesjon. Eigedommane er fordelte på 81 kommunar i 17 fylke. 66 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 19 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Dei resterande 15 pst. er i hovudsak selde til jord- og skogeigarar i nabokommunar.
Rapportering 2019
Resultatet etter skatt for Statskog SF var på 84 mill. kroner i 2019. Det er 22 mill. kroner lågare enn i 2018. Føretaket viser til at endringa er knytt til lågare eingongsinntekter frå skogvern og sal av eigedom enn i året før, samstundes som det har vore ei god utvikling i den ordinære verksemda.
Post 85 Utbytte
Utbetalt utbytte til staten frå Statskog SF i 2019 var på 64 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2021
Utbyttet frå føretaket for 2020 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2020 på 9,0 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2020 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2021.