Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 800–882, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudprioriteringar

Regjeringa sin politikk for barn og familiar tek utgangspunkt i kvardagen deira. Barn og familiar er forskjellige og har ulike behov. Regjeringa vil at familiane har fridom til å organisere kvardagen slik dei sjølve ønskjer. Ein godt utforma familiepolitikk legg til rette for gode oppvekstvilkår, betre livskvalitet for den einskilde og deltaking i samfunnslivet. Dette kan gi samfunnsøkonomiske gevinstar, både i dag og i framtida.

Barn treng å få kjærleik, tryggleik til å vere seg sjølve og støtte til å vekse og utforske verda på eiga hand. Barn treng nære relasjonar som er gode og stabile. Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst. Barn er sjølvstendige individ med individuelle rettar, og regjeringa vil leggje det beste for barna til grunn for politikken.

Ein god barndom varer livet ut. Gir vi barn ein god oppvekst, og forhindrar vi utanforskap blant dei unge, har dei betre føresetnader for å vekse opp til å bli sjølvstendige menneske og til å kunne forme sitt eige liv – til dømes gjennom val av utdanning, ein jobb og ved å skape ein heim for seg og sine. Det er fyrst og fremst viktig for den einskilde, men det er òg viktig for samfunnet. Eit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av ein rimeleg balanse mellom å bidra og å ta imot velferdstenester.

Regjeringa vil bevare tryggleiken og tilliten i det norske samfunnet. Dei fleste barn i Noreg veks opp i gode økonomiske kår. Samstundes er det familiar som lever med vedvarande låg inntekt. Svak økonomi over tid er ei belasting og heng ofte saman med andre levekårsutfordringar. Det pregar livet til barn her og no, men òg moglegheitene deira til å delta i samfunnslivet på ein fullverdig måte i framtida. Arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom, omfattar innsats på tvers av alle velferdsdepartementa. Målet er å støtte opp om familiane, gi fleire barn høve til å delta på viktige samfunnsarenaer i oppveksten og leggje til rette for auka sosial mobilitet.

Regjeringa vil at alle skal få moglegheit til å delta, både i arbeidsliv og i samfunnsliv. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet mot fattigdom. Derfor har tiltak som støttar aktiv deltaking i samfunnet for alle, prioritet. Å delta i sosiale lag og fellesskap er viktig. Alle barn og unge treng å kunne etablere stabile vennskap når dei veks opp, ha håp og kjenne seg verdfulle i samfunnet.

Å delta i aktivitetar saman med andre barn og unge fremjar inkludering og meistring og førebyggjer utanforskap. Sidan 2019 har ulike kommunar prøvd ut fritidskortordningar der barn og unge kan få dekt deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Regjeringa vil gi alle barn og unge høve til å delta i fritidsaktivitetar, og vil starte ei nasjonal utrulling av fritidskortet frå hausten 2022. Vidare utrulling av ordninga til fleire nye kommunar frå og med 2023 er ein budsjettsak som må bli handsama i den ordinære budsjettprosessen.

Vald mot barn fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. Arbeidet mot vald og overgrep mot barn er høgt prioritert av regjeringa. Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) blei lagd fram i 2016. 2021 er planen sitt siste år, og vi styrkte då innsatsen ytterlegare. Arbeidet mot vald og overgrep held fram i 2022; sjå omtale nedanfor.

Barn som lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira, skal få naudsynt hjelp, omsorg og vern. Hovudoppgåva til barnevernet er å medverke til at barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår. Regjeringa har lagt fram ei ny barnevernslov som skal bidra til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre. I 2022 trer ansvarsendringane i barnevernsreforma til regjeringa i kraft, og kommunane vil få auka ansvar for barnevernet. Den nye barnevernslova og barnevernsreforma skal leggje til rette for at kommunane i større grad prioriterer førebyggjande hjelp og tidleg innsats, slik at flest mogleg kan vekse opp under trygge forhold saman med foreldra sine. Oppgåvene i barnevernet krev mykje av dei tilsette, både i form av kompetanse og fagleg skjønn. Ein viktig del av barnevernsreforma er ei storstilt kompetansesatsing som skal medverke til betre kvalitet i tilbodet frå barnevernet. Frå 2022 blir det i barnevernlova stilt krav til kompetanse for dei tilsette.

Alle barn skal ha ein trygg heim. Barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, skal få eit trygt og godt tilbod frå barnevernet. Høg kvalitet i tilbodet er viktig for å gi kvart einskilt barn god hjelp og omsorg. Regjeringa har derfor lagt fram ein fosterheimsstrategi. Regjeringa vil òg vidareføre satsinga på betre helsetenester til barn i barnevernet og gi barn som må bu utanfor heimen, tilbod om tverrfagleg helsekartlegging, slik at dei kan få betre tilpassa tiltak.

Trus- og livssynsfridom er ein grunnleggjande menneskerett og ein føresetnad for eit fritt og demokratisk samfunn. Regjeringa vil føre ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som anerkjenner den viktige rolla trus- og livssamfunna speler for einskildmenneske og som samfunnsskapande kraft. Det norske samfunnet skal vere eit livssynsope samfunn. Regjeringa vil hegne om og verne trus- og livssynsfridommen for den einskilde borgaren og respektere eigenarten til dei ulike trus- og livssynssamfunna og retten deira til sjølve å bestemme i lære- og ordningsspørsmål. Dette er viktig for å sikre eit trus- og livssynsmangfald.

Norske forbrukarar har eit sterkt vern, men rettane deira blir stadig sette på prøve av mellom anna digitalisering, nye marknadsføringsmetodar og meir komplekse marknader. Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane. Ofte står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskap om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen. Forbrukarane skal sikrast gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Regjeringa vil at forbrukarane i kjøpssituasjonar skal vere i stand til å ta informerte val og kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane skal vernast mot svindel, ulovleg marknadsføring og annan skadeleg påverknad. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte. Det er òg viktig å leggje til rette for at forbrukarane kan ta smartare og meir berekraftige forbruksval.

1.1 Covid-19 – barn og unge

Våren 2020 sette regjeringa i verk inngripande tiltak mot spreiing av covid-19. Tiltaka blei vurderte som naudsynte sjølv om dei fekk store verknader for alle barn og unge, med stenging av barnehagar, skular og fritidsaktivitetar, og med reduserte tenestetilbod i kommunane. Fleire kommunar sette i tillegg i verk strengare tiltak enn det styresmaktene tilrådde, og stengde ned tenestetilbod. Regjeringa slo tidleg fast at barn og unge skal prioriterast, og det blei gitt tydelege føringar til kommunane om at tenester til barn og unge skulle skjermast så langt som mogleg og smittevernfagleg forsvarleg. I beredskapsplanen for handsaminga av pandemien er det understreka at barn og unge skal ha så låg tiltaksbyrde som mogleg.

Barn skal òg i krisetid fangast opp, få hjelp og bli tekne vare på. Med dei inngripande tiltaka blei det særleg bekymring for barn og unge som av ulike årsaker er ekstra sårbare. Sårbarheit hos barn og unge kan skuldast at dei sjølve har behov for ekstra oppfølging, at familien deira er sårbar eller i ein sårbar situasjon, eller ein kombinasjon av desse faktorane. Gruppa blir rekna til å utgjere om lag 20 prosent av alle barn og unge i landet.

Det var tidleg klart at utfordringane i tenestene til barn og unge kravde innsats på fleire område. Koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge blei derfor sett ned i 2020. Gruppa på direktoratsnivå er sett saman på tvers av sektorar og har i oppgåve å følgje tett med på tenestetilbodet til dei aller mest sårbare blant barn og unge under pandemien. Ein premiss i mandatet for arbeidet til gruppa var at normal drift i tenestene til barn og unge skulle vere tilbake så raskt som forsvarleg ut frå gjeldande smittevernråd. Gruppa arbeider framleis for at sårbare barn og unge blir tekne vare på, og at samordninga mellom ulike etatar blir betre. Smitteverntiltaka gjorde det vanskelegare for tenestene å fange opp og halde ved lag kontakten med dei barna som trong støtte og oppfølging. Barnevernet og krisesentera fekk derfor tidleg status som kritiske samfunnsfunksjonar. Under pandemien har det vore bekymring for ein auke i tilfelle av vald mot barn. Forsking viser òg at det er større risiko for vald og overgrep i krisetider.

Koordineringsgruppa fann etter den fyrste nedstenginga av landet at mange barn og unge ikkje fekk det tilbodet dei hadde rett på. Årsakene til dette var mellom anna frykt for smitte, etter den kunnskapen ein hadde om viruset på den tida, og flytting av personalressursar for å handtere pandemien. Det har vore viktig å halde dei ordinære tenestene for barn og unge opne så langt som råd under pandemien. Dette er det viktigaste for å sikre at barn og unge har lågast mogleg tiltaksbyrde, og for å oppdage dei barna og ungdommane som har behov for hjelp.

Vi må rekne med at konsekvensane av pandemien vil kunne ha innverknad på livet til barn og unge òg framover. Det kan vere behov for forsterka innsats over lengre tid fordi pandemien rammar nokon ekstra hardt.

Mange barn og unge har bore ei stor byrde under pandemien. Regjeringa har undervegs vurdert behovet for kompenserande tiltak for barn og unge i dei ulike økonomiske tiltakspakkene som regjeringa har lagt fram. I Revidert nasjonalbudsjett 2020 blei det vedteke tiltak for å betre situasjonen for sårbare barn og unge under koronapandemien. Tiltakspakka var på over 400 mill. kroner. I nysalderinga av budsjettet for 2020 blei det vidare løyvd ei tiltakspakke for sårbare grupper i jula på 25 mill. kroner.

Ved handsaminga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021), er det løyvd om lag 158 mill. kroner til ulike tiltak retta mot sårbare grupper for å avhjelpe psykisk og sosial belasting som følgje av pandemien og smitteverntiltaka for 2021. Ved handsaminga av Prop. 79 S (2020–2021), jf. Innst. 233 S (2020–2021), den 23. februar blei det vedteke ytterlegare tiltak for barn, unge, eldre og studentar på over 2 mrd. kroner i 2021.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei det vedteke tre tiltakspakker på til saman 1,27 mrd. kroner på områda til ulike departement. Ei fyrste tiltakspakke på 264 mill. kroner for sårbare grupper skal i 2021 mellom anna bidra til å auke deltaking og inkludering i ferie- og fritidsaktivitetar, auke aktivitet blant barn og unge med nedsett funksjonsevne i kultur og frivilligheit og gi valdsutsette og -utøvarar eit betre tilbod om oppfølging. Den andre tiltakspakka på 256 mill. kroner er innretta for å ta igjen tapt læring for barn og unge; sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet. Den tredje tiltakspakka på 750 mill. kroner skal bidra til å styrkje befolkninga si psykiske helse og førebyggje rusproblem; sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Pandemien og strenge smitteverntiltak har ramma alle på ulikt vis, og barn og unge er særleg hardt ramma. Det er no merksemd retta mot kva for konsekvensar pandemien har for barn og unge på både kort og lang sikt. Sjølv om det er grunn til å tru at situasjonen blir betre i takt med gjenopninga av samfunnet, påpeikar fleire rapportar at pandemien og smitteverntiltaka kan få negative verknader for barn, unge og familiane deira på lang sikt. For barn og unge er barnehagen, skulen og organiserte fritidsaktivitetar viktige arenaer for livet og utviklinga deira. Redusert sosial kontakt, tap av læring og bortfall av viktige aktivitetar kan derfor ha langtidseffektar. Lågare livskvalitet og dårlegare helse kan ha verknader på sikt, og for barn og unge som har opplevd vald eller overgrep under pandemien, vil konsekvensane kunne bli varige. Usikkerheita på arbeidsmarknaden, tap av jobb og ein pressa økonomisk situasjon for familien påverkar òg leve- og oppvekstvilkåra til dei yngre. Arbeidet retta mot verknadene av pandemien for barn og unge held fram i 2022; sjå omtale under programområde 11.10.

1.2 Familie og oppvekst

Familiepolitikken

Regjeringa sin familiepolitikk skal bidra til eit godt utgangspunkt for familielivet, til gode levekår og til den einskilde sitt høve til å delta i samfunnet. Familieytingane skal betre dei økonomiske vilkåra for familiane og bidra til å kompensere for utgifter til barn. Barn og familiar er forskjellige og har ulike behov. Regjeringa vil føre ein familiepolitikk som tek utgangspunkt i familiane og kva dei treng. Foreldrestøttande arbeid er, saman med samlivstiltak, viktig i familiepolitikken til regjeringa. Regjeringa vil styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte, slik at flest mogleg barn kan få ein god oppvekst i familien sin og nærmiljøet sitt. Velfungerande familiar gir barn tryggleik og tilhøyrsle og skaper rom for utvikling. Dette har vore viktige tiltak for familiane i perioden 2014–2021:

  • Ordinær barnetrygd er auka frå 970 kroner til 1 054 kroner i månaden frå 1. mars 2019.

  • Ordinær barnetrygd for barn under 6 år er vidare auka med 300 kroner i månaden frå 1. september 2020 og med ytterlegare 300 kroner i månaden frå 1. september 2021.

  • Frå hausten 2021 prøver 24 kommunar ut ei nasjonal fritidskortordning for barn frå 6 til fylte 18 år. Fritidskortet kan nyttast til å dekkje barna sine deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. I 2021 er det løyvd 180 mill. kroner til tiltaket.

  • Eingongsstønaden ved fødsel er auka frå 35 263 kroner i 2013 til 90 300 kroner i 2021.

  • Kontantstøtta er auka frå 6 000 kroner til 7 500 kroner i månaden frå 1. august 2017.

  • Kontantstøtta kan graderast etter kor lang opphaldstid barnet har i barnehagen. Dette tok til å gjelde frå 1. august 2018.

  • Ei lovendring har gitt foreldre høve til fri utsetjing av foreldrepengar fram til barnet er 3 år. Endringa gjeld frå 1. oktober 2021.

  • Familievernet er styrkt med 192 mill. kroner.

  • Arbeidet med foreldrestøtte er styrkt, og det blei i 2020 etablert eit eige tilbod om eit samlivskurs for fyrstegongsforeldre.

Dei viktigaste tiltaka dei siste fire åra blir nærare omtalt nedanfor.

Styrkinga av barnetrygda for alle, som skjedde i 2019, var den fyrste auken sidan 1996. Saman med aukane i 2020 og 2021 vil barnetrygda i 2022 til saman innebere 8 200 kroner meir i året for familiar med barn under 6 år. Dette er eit historisk løft av barnetrygda.

Eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon blir gitt til mødrer utan opptent rett til foreldrepengar. I 2013 var satsen 35 263 kroner. Med denne regjeringa har stønaden vore vesentleg heva, og frå 1. januar 2021 er han på 90 300 kroner. Ein styrkt eingongsstønad gir mødrer utan foreldrepengar utvida økonomisk handlingsrom den fyrste tida med nyfødd barn.

Satsen for kontantstøtte auka frå 6 000 kroner til 7 500 kroner i månaden frå 1. august 2017 og er vidareført. Føremålet med ytinga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn når dei er mellom 1 og 2 år. Kontantstøtte bidreg òg til at familiane har meir valfridom når det gjeld omsorgsform, og det blir meir jamvekt i overføringane kvar einskild familie får til barneomsorg frå staten, uavhengig av korleis tilsynet blir ordna. For regjeringa er det viktig å halde ved lag kontantstøtta.

Det er gjort fleire viktige endringar i regelverk om barn og familie. Det er vedteke endringar i barnelova i 2017 om felles foreldreansvar for alle som tok til å gjelde 1. januar 2020. Ny adopsjonslov tok til å gjelde 1. juli 2018. Vigselsmynda blei overført frå domstolane til kommunane frå 1. januar 2018. Etter ei endring i ekteskapslova 1. juli 2018 er det no ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter eit lovforslag frå Barne- og familiedepartementet våren 2021 har Stortinget vedteke lov om endringer i ekteskapsloven (ekteskap inngått med mindreårig, etter utenlandsk rett mv.). Endringa går ut på at ekteskap inngåtte etter utanlandsk rett som hovudregel ikkje skal anerkjennast dersom éin av eller begge partane var under 18 år då dei gifta seg.

For barn fødde etter 1. oktober 2021, er det gitt høve til å utsetje foreldrepengar utan krav til kva ein gjer medan ein utset. Hovudmålet med endringane er at foreldra sjølve kan bestemme kva tid dei vil ta ut foreldrepengane innan barnet fyller 3 år. Regelendringa skal mellom anna løyse problemet med at fedrar mista foreldrepengar fordi dei søkte om utsetjing for seint. Eit einstemmig Storting slutta seg til lov nr. 145 (2020–2021) ved vedtak av 7. juni 2021.

Hovudprioriteringar i 2022

Familiar, vaksne og born treng gode og trygge rammer rundt livet sitt. Ein godt utforma familiepolitikk skal medverke til dette. Regjeringa vil styrkje familiane og leggje grunnlag for livskvalitet og valfridom for familiane.

Regjeringa vil gjere det lettare å delta i fritidsaktivitetar for barn og unge. Fritidskortet er del av ei generell styrking av familiepolitikken, men vil vere særleg viktig for barn som veks opp i låginntektsfamiliar.

Foreldrepengar sikrar familiar gode levekår i ein periode der foreldre er heime med heilt små barn. Frå august 2022 skal alle fedrar med opptent rett til foreldrepengar ha tilgang til åtte veker av fedrekvota utan krav til at mor er i aktivitet. Ei slik endring følgjer opp EU-direktivet om eit balansert arbeids- og familieliv.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • 225 mill. kroner til å starte nasjonal utrulling av fritidskortet frå hausten 2022

  • 80 mill. kroner til å gi fedrar som har opptent rett til foreldrepengar, sjølvstendig rett til å ta ut foreldrepengar, uavhengig av mor sin aktivitet

  • 3,5 mill. kroner til auka kontroll med og kvalitet på sakkunnig arbeid i foreldretvistar

  • 10 mill. kroner til forsking på implementering av tiltak for barn, unge og familiar

  • Starte eit arbeid med sikte på å etablere eit senter for forsking på barn sin digitale kvardag

Oppvekst i familiar med vedvarande låg inntekt og deltaking i samfunnet

Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår, og ulikskapen i inntekter er liten i Noreg jamført med andre land. Samstundes er det familiar som har så låg inntekt at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna og kan ha konsekvensar for dei langt fram i tid. For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, har regjeringa styrkt innsatsen overfor utsette familiar. Dette har vore viktige tiltak i perioden 2014–2021:

  • Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi (2015–2017) var den fyrste i sitt slag. Hausten 2020 la regjeringa fram Like muligheter i oppveksten. Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023).

  • Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 360 mill. kroner i 2021. Grunna covid-19-pandemien har det i 2020 og 2021 òg vore løyvd ekstra midlar til ferie- og fritidsaktivitetar for sårbare barn og unge.

  • Fritidserklæringa, eit samarbeid mellom regjeringa, frivillige organisasjonar og KS, har som mål at alle barn, uavhengig av økonomi, skal få delta i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. Fritidskortet er eit viktig tiltak i denne samanhengen.

  • Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blei auka med 20 mill. kroner i 2019. Losane følgjer opp unge som fell ut av skule og arbeidsliv på grunn av samansette relasjonsmessige, helsemessige eller velferdsmessige utfordringar. På grunn av covid-19-pandemien er det i 2021 løyvd ekstra midlar til losar.

  • Den nasjonale grunnstøtta som skal bidra til at barn og ungdom kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonane, blei auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 146 mill. kroner i 2020. I tillegg var det ei eingongsløvying for 2020 på ytterlegare 10 mill. kroner, på grunn av virusutbrotet. I 2021 er det løyvd om lag 150,5 mill. kroner til tiltaket.

  • Barnehageplass for familiar med låg inntekt har blitt rimelegare, og det er innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for barn i familiar med låg inntekt. Ordninga gjeld frå barna er 2 år; sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Innføring av ei nasjonal moderasjonsordning med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO på 1.–4. trinn og gratis skulefritidsordning for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn; sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Eit prøveprosjekt med gratis deltidsplass i SFO; sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Bustøtta til barnefamiliar og andre store husstandar er auka, og barnefamiliar er prioriterte innan startlånordninga; sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Områdesatsinga i einskilde område i dei store byane der det er særskilt store levekårsutfordringar i befolkninga, er styrkt; sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Helsestasjons- og skulehelsetenesta er styrkt; sjå omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Dei viktigaste tiltaka dei siste fire åra blir nærare omtalte nedanfor.

Hausten 2020 la regjeringa fram Like muligheter i oppveksten. Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023). Prop. 1 S (2020–2021) inneheldt satsingar på om lag 870 mill. kroner knytte til strategien. Målet for strategien er å redusere forskjellar mellom barn og unge når det gjeld høvet til å delta og utvikle seg, og førebyggje at levekårsulempene går i arv. Strategien har òg som mål å gi barn og unge betre høve til å gjennomføre utdanningsløp, delta i fritidsaktivitetar og bu trygt og godt. Strategien inneheld òg tiltak som skal bidra til gode helsetenester for alle og få fleire foreldre og ungdom i arbeid.

Aukane i barnetrygda for barn under 6 år på til saman 8 200 kroner sidan 2019 kjem alle småbarnsfamiliar til gode, men er særleg viktig for familiar med låg inntekt. Inntekta kan betre levekårane til barn i låginntektsfamiliar gjennom auka investeringar i barna sin oppvekst, og kan bidra til å redusere stress- og konfliktnivået i familiar som slit økonomisk. Regjeringa har òg heva dei rettleiande statlege satsane for økonomisk stønad til livsopphald for kategorien barn 0–5 år med tilsvarande beløp som auken i barnetrygda sidan 2020.

Fritida til barn er i større grad organisert i dag enn tidlegare. Å stå utanfor fritidsaktivitetane er derfor ein større risikofaktor og ei større utfordring enn før. I 2019 starta utprøvingar av fritidskortordning i Arendal og Vadsø, og frå hausten 2021 er totalt 24 ulike kommunar med i prøveprosjektet. Ei fritidskortordning skal bidra til å dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge, og målet er at alle barn og unge får høve til å delta i fritidsaktivitetar. Føremålet med prøveprosjektet er å finne ut korleis ei fritidskortordning kan innrettast på ein treffsikker og effektiv måte.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, som gir tilskot til tilbod om kultur- og fritidsaktivitetar, ferietilbod eller alternative meistringsarenaer for barn og unge i låginntektsfamiliar, er auka med om lag 260 mill. kroner sidan 2014. Tilskotsordninga er eit verktøy i arbeidet med å motverke eller dempe konsekvensane av fattigdom hos barn og unge, men òg eit verktøy for å førebyggje framtidig utanforskap. Det er estimert at meir enn 50 000 barn og unge i målgruppa i 2020 tok del i aktivitetar og andre tilbod som følgje av tilskot frå ordninga.

Å gå i barnehage legg eit godt grunnlag for vidare utvikling. For å redusere økonomiske hinder for deltaking i barnehage har regjeringa tidlegare innført nasjonale ordningar for familiar med låg inntekt, som redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage for barn i alderen 3–5 år. I 2019 blei ordninga utvida til òg å gjelde 2-åringar. Moderasjonsordningane har bidrege til at fleire barn går i barnehage. Vidare er skulefritidsordninga (SFO) ein viktig arena for å jamne ut sosiale forskjellar, samstundes som låg familieinntekt kan vere til hinder for at barn får delta. Regjeringa innførte derfor hausten 2020 ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling for SFO ved offentlege skular for 1.– 2. trinn, og hausten 2021 blei ordninga utvida til 3.– 4. trinn.

Barn som veks opp i familiar med låg inntekt, har auka risiko for å falle frå i vidaregåande skule samanlikna med andre barn. Samstundes er fullføring av vidaregåande utdanning eit av dei viktigaste verkemidla for å førebyggje framtidig utanforskap og hindre at låg inntekt går i arv. Derfor har regjeringa satsa på tiltak som skal gjere det mogleg for fleire å fullføre vidaregåande opplæring. Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er eit av fleire tiltak som skal gi fleire barn og unge god oppfølging. Delen elevar som fullfører vidaregåande opplæring, har auka dei siste åra. Av elevane som byrja på vg1 i 2014, fullførte 79,6 prosent.

Hovudprioriteringar i 2022

Ei hovudprioritering i 2022 er å arbeide for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst. Regjeringa vil førebyggje at fattigdom går i arv, leggje til rette for sosial mobilitet og gi fleire ein veg ut av fattigdom. Hovudprioriteringane i 2022 er å redusere og førebyggje barnefattigdom i Noreg og sørgje for at fleire barn deltek i fritidsaktivitetar. Sjå òg omtalen av fritidskortet under Familiepolitikk.

Å delta i aktivitetar saman med andre barn og unge gir ei oppleving av fellesskap. Det er ein arena for å få venner og for å lære, og det er viktig i ei meiningsfull fritid. Å ikkje kunne ta del i slike fellesskap saman med jamgamle vil mange barn og unge oppleve som vanskeleg. Dette er særleg viktig i lys av covid-19 og smitteverntiltaka som har gjort at fritidsaktivitetar har vore stengde i kortare eller lengre periodar. Som følgje av dette har risikoen for at barn og unge har falle frå fritidsaktivitetar, auka. Mellom anna viser tal frå Norges Idrettsforbund (NIF) ein nedgang i talet på medlemskap under pandemien.

I 2022 vil regjeringa slå saman tilskotsordningane Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom til éi ordning. Regjeringa vil bidra til at fleire barn og unge får høve til å delta på ferie- og fritidsaktivitetar og opne møteplassar, og til å fullføre vidaregåande skule, og føreslår å styrkje den samanslåtte ordninga i 2022.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • 225 mill. kroner til å starte nasjonal utrulling av fritidskortet frå hausten 2022

  • 35 mill. kroner til å styrkje den nye tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge

  • 51,5 mill. kroner til å utvide ordninga med gratis SFO for familiar med låg inntekt, i utvalde kommunar – Kunnskapsdepartementet

  • 240 mill. kroner for å støtte barn og unge som følgje av konsekvensar av covid-19-pandemien i skule og barnehage, mellom anna til oppfølging av elevar som har fått tapt fagleg og sosial læring – Kunnskapsdepartementet

  • 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område – Kunnskapsdepartementet

  • 23,5 mill. kroner til å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp – Justis- og beredskapsdepartementet

  • 71 mill. kroner til å styrkje bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar – Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • 7,5 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga Inkludering i kulturliv – Kulturdepartementet

  • 5 mill. kroner frå spelemidla til å styrkje tilskotsordninga Inkludering i idrettslag – Kulturdepartementet

  • 13 mill. kroner til å starte opp eit arbeid med å utvikle digitale løysingar for samhandling mellom brukarar og arbeids- og velferdsforvaltinga når det gjeld økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving – Arbeids- og sosialdepartementet

  • 62 mill. kroner til utprøving, etablering og evaluering av FACT ung – Helse- og omsorgsdepartementet

  • 20 mill. kroner til utprøving, etablering og evaluering av lågterskelbehandlings- og oppfølgingstilbod til barn og unge med psykiske plager – Helse- og omsorgsdepartementet

Vald og overgrep

Vald i nære relasjonar er alvorleg kriminalitet og eit omfattande samfunns- og folkehelseproblem. Valden skaper utryggleik, kan gi helseutfordringar og tap av velferd og reduserer moglegheitene for valdsutsette til livsmeistring og aktiv samfunnsdeltaking. For barn som veks opp i familiar med vald, kan konsekvensane vere alvorlege. Å beskytte og hjelpe valdsutsette fordrar eit effektivt samarbeid mellom etatar, lokale og regionale styresmakter og frivillige organisasjonar. Arbeidet krev innsats frå ei rekke departement.

Regjeringa har prioritert innsatsen mot vald og overgrep høgt, mellom anna gjennom oppfølging av opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021) og andre tiltaksplanar på valdsfeltet. Viktige tiltak og satsingsområde i perioden 2014–2021 har vore:

  • eit verktøy for å samtale med barn om vald og overgrep, med mål om at dei som arbeider med barn, skal avdekkje vald tidlegare

  • eit opplæringsprogram til bruk i barnehagar og skular om mobbing, vald og digitale krenkingar

  • ein strategi for foreldrestøtte

  • eit nasjonalt senter for barn som har opplevd vald eller seksuelle overgrep – Stine Sofie Senteret

  • satsing på familievernet sitt tilbod til familiar som lever med vald

  • eit familiemandat til stiftinga Alternativ til Vold (ATV) og etablering av fleire nye ATV-kontor

  • ein hjelpetelefon med låg terskel for foreldre

  • ei hjelpelinje for dei som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar (VO-linja) – Justis- og beredskapsdepartementet

  • styrkt etterforsking av vald og overgrep mot barn – Justis- og beredskapsdepartementet

  • auka kapasitet og kompetanse i Statens barnehus – Justis- og beredskapsdepartementet

  • styrkt arbeid mot Internett-relaterte overgrep mot barn – Justis- og beredskapsdepartementet

  • meir fokus på vald og overgrep i folkehelsearbeidet – Helse- og omsorgsdepartementet

  • satsing på helsestasjons- og skulehelsetenesta – Helse- og omsorgsdepartementet

  • satsing på behandling av personar som er dømde for seksuelle overgrep – Helse- og omsorgsdepartementet

  • etablering av eit tilbod til personar som står i fare for å gjere seksuelle overgrep mot barn – Helse- og omsorgsdepartementet

  • eit betre tilbod til barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd – Helse- og omsorgsdepartementet

  • auka satsing på utvikling av kunnskap og kompetanse i helsetenestene – Helse- og omsorgsdepartementet

  • tydeleggjering av ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep i helselovene – Helse- og omsorgsdepartementet

  • at kunnskap om eigen kropp og respekt for eigne og andre sine grenser inngår i rammeplanen for barnehagen og læreplanen for grunnopplæringa – Kunnskapsdepartementet

  • at krav til kunnskap om vald og overgrep inngår i lærarutdanningane og i alle dei helse- og sosialfaglege utdanningane – Kunnskapsdepartementet

  • ein ny tverrdepartemental strategi mot Internett-relaterte overgrep mot barn – koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet

  • ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar – koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet

  • ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald – koordinert av Kunnskapsdepartementet

Dei viktigaste tiltaka dei siste fire åra blir nærare omtalte nedanfor.

Regjeringa har prioritert innsatsen mot vald og overgrep høgt, mellom anna gjennom oppfølging av opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021). Opptrappingsplanen legg særleg vekt på arbeidet med å førebyggje og avverje vald mot barn og unge. Dei samla løyvingane knytte til tiltak i opptrappingsplanen i 2021 er på over 1,1 mrd. kroner.

Statusrapporten per juni 2021 syner at av dei 88 tiltaka i opptrappingsplanen er 45 gjennomførte og 43 påbyrja. Av desse går 35 føre seg kontinuerleg. Ein del av tiltaka blir førte vidare i Frihet fra vold. Regjeringens handlingsplan for å forebygge og bekjempe vold i nære relasjoner 2021–2024; sjå oversikta i del III, tabell 12.1.

I perioden 2017–2021 har regjeringa særleg styrkt etterforskinga av vald og overgrep, inkludert Internett-relaterte overgrep. Løyvinga til barnehusa er meir enn tredobla sidan 2013, slik at kapasiteten og kompetansen er auka.

Behandlingstilbodet til valdsutsette og til valdsutøvarar er styrkt både i regi av helsetenestene, familievernet og Alternativ til Vold (ATV). For å hindre at nye overgrep skjer, er helsetenesta og kriminalomsorga sitt behandlingstilbod til personar som er dømde for seksuelle overgrep, styrkt både i 2019 og 2020. I tillegg er det i 2020 etablert eit hjelpetilbod til personar som står i fare for å utføre overgrep. I 2021 er det løyvd midlar til å betre behandlingstilbodet til unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd.

Familievernet sitt tilbod til familiar som lever med vald, er styrkt, mellom anna gjennom arbeidet til spisskompetansemiljøet for vald og høgkonflikt som er etablert ved Enerhaugen familievernkontor. Samla er løyvinga til drift av det statlege og kyrkjelege familievernet 585 mill. kroner i 2021. I tillegg kjem 15,5 mill. kroner i RNB 2021. Fire nye ATV-kontor er etablerte sidan 2017. Alle ATV-kontor har fått eit familiemandat, det vil seie at dei i tillegg til tilbod til valdsutøvarar skal gi eit tilbod til valdsutsette og til barna i familien. I 2021 er løyvinga til ATV 70,8 mill. kroner. I tillegg kjem 5,8 mill. kroner i RNB 2021.

Regjeringa har prioritert det førebyggjande arbeidet. Godt foreldreskap førebyggjer vald. Regjeringa la i 2018 frem ein nasjonal strategi for foreldrestøtte, og strategien er følgd opp. Det er òg utvikla læringsressursar om vald og overgrep til bruk i skulen og ein kunnskaps- og øvingsportal som skal bidra til at tilsette i barnehagar, skular og tenestene blir betre til å samtale med barn om vanskelege tema som vald og overgrep.

Sjå òg omtalen av særlege tiltak knytte til pandemien og smitteverntiltaka under Familie og oppvekst i del II.

Hovudprioriteringar i 2022

Regjeringa vil føre vidare det viktige arbeidet som er gjort gjennom oppfølginga av opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021), og prioritere arbeidet med å følgje opp tiltak i dei nye handlingsplanane på valdsfeltet som regjeringa har lagt fram i 2021. Tiltaka i desse planane vil òg vere viktige for å redusere dei langsiktige konsekvensane av pandemien.

God førebygging og tidleg innsats er avgjerande fordi det kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Målretta støtte til foreldre i utfordrande livssituasjonar reduserer sjansen for at barn blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep. God hjelp og behandling til rett tid kan motverke dei alvorlege konsekvensane av vald og overgrep. Særleg sårbare grupper som i liten grad er i stand til å beskytte seg sjølve, må få god oppfølging. Unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd må få hjelp så tidleg som mogleg for å førebyggje nye overgrep. Auke i bruken av omvend valdsalarm er viktig for å beskytte valdsutsette og overføre belastinga til valds- og trusselutøvarane.

Innsatsen mot vald og overgrep skal vere kunnskapsbasert og byggje på forsking og statistikk. Det er behov for meir kunnskap om effekten av tiltak som det offentlege sett i verk på valdsområdet.

Partnardrap er den mest alvorlege forma for partnarvald. Det er naudsynt å lære av feil og vidareutvikle arbeidet med å førebyggje alvorleg partnarvald og partnardrap. Det same gjeld alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsette for vald og seksuelle overgrep.

Innsatsen mot vald og overgrep må samordnast på tvers av sektorar og etatar. Betre samarbeid og dialog mellom sektorar og forvaltingsnivåa er naudsynt for å førebyggje, beskytte og hjelpe valdsutsette og valdsutøvarar. I tillegg er det viktig med eit godt samarbeid mellom offentlege, private og frivillige aktørar.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • 10 mill. kroner til forsking om vald og overgrep – særleg effektforsking; sjå omtalen i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

  • 2 mill. kroner til etablering av ein partnardrapskommisjon; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 5 mill. kroner til barnehus for samiske barn; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 8 mill. kroner til lågterskeltilbod til barn og unge som står i fare for problematisk eller skadeleg seksuell åtferd; sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 3 mill. kroner til å styrkje TryggEst, som skal hjelpe kommunane til å hindre, avdekkje og handtere vald mot vaksne som i liten grad er i stand til å beskytte seg sjølve; sjå Prop. 1 S for Kulturdepartementet

I tillegg blir fleire løyvingar på grunn av pandemien førte vidare i 2022. Dette gjeld:

  • 31 mill. kroner til styrking av familievernet (heilårseffekt av styrkinga som kom i RNB 2021)

  • 11,5 mill. kroner til styrking av Alternativ til Vold (heilårseffekt av styrkinga som kom i RNB 2021)

  • 5 mill. kroner til å halde ved lag chat-tilbod ved Vald- og overgrepslinja (VO-linja)

  • 10 mill. kroner til å auke bruken av omvend valdsalarm; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 10 mill. kroner til politiet sine nettpatruljar og digitalt politiarbeid. Av dette blir 5 mill. kroner prioriterte innanfor politiet sine gjeldande budsjettrammer; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

1.3 Barnevernet

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, og hjelpe foreldre til å vareta omsorgsbehova til barna. Barnet sin rett til vern og prinsippet om det beste for barnet er grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å ta vare på og støtte opp om den retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre.

Regjeringa ønskjer at flest mogleg skal vekse opp saman med foreldra sine, og at barn og familiar skal få hjelp der dei bur. Barnevernstenestene skal bli betre til å komme tidleg inn med gode, verksame tiltak for å hjelpe barn og familiane deira. Det har vore ein nedgang i talet på akuttvedtak og omsorgsovertakingar dei siste åra. I nokre tilfelle er det likevel naudsynt at barna flyttar i fosterheim eller på institusjon for å få den tryggleiken og det vernet dei har behov for. Regjeringa har som mål å betre tilbodet til barn som ikkje kan bu hos foreldra sine, og som treng ein trygg heim. Eit variert tilbod av institusjonar av høg kvalitet og stabile fosterheimar som kan dekkje ulike behov, er viktig for at kvart barn skal kunne få god hjelp og omsorg.

Viktige tiltak på barnevernsområdet i perioden 2014–2021 har vore:

  • ei ny barnevernslov, jf. Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven og Innst. 625 L (2020–2021), som skal bidra til betre barnevernsfagleg arbeid, styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre og føre til meir førebygging

  • ei barnevernsreform, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017), som skal styrkje kommunane sitt ansvar for barnevernet og føre til at fleire barn og familiar får hjelpa dei treng, på eit tidleg tidspunkt

  • eit kompetanseløft i barnevernet, mellom anna gjennom Kompetansestrategi for det kommunale barnevernet 2018–2024 og kompetansekrav for dei tilsette i barnevernet som skal styrkje føresetnadane for å løyse arbeidsoppgåvene i barnevernet på ein god måte, til det beste for barn og familiar

  • ei betre fosterheimsomsorg, mellom anna gjennom Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016) og fosterheimsstrategien Et trygt hjem for alle

  • betre helsehjelp til barn i barnevernet, mellom anna gjennom tverrfagleg helsekartlegging, jf. Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging), som skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov hos barn som blir flytta ut av heimen, omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som treng både langvarig omsorg utanfor heimen og psykisk helsehjelp, nærare samarbeid mellom barnevernet og BUP og pakkeforløp for kartlegging og utgreiing av psykisk helse og rus hos barn og unge

  • eit digitalt løft for det kommunale barnevernet, gjennom prosjektet DigiBarnevern og innføring av ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar

  • betre rettstryggleik og medverknad for barn og familiar, mellom anna gjennom Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre), jf. Innst. 151 L (2017–2018), som gav barn rett til naudsynte barnevernstiltak og rett til å medverke, og Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov

  • utvida aldersgrense for ettervern frå barnevernet og innføring av samtaleprosess i fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, jf. Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.) og Innst. 310 L (2019–2020)

  • å setje ned Barnevernsutvalet, som skal vurdere korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene

Dei viktigaste tiltaka dei siste fire åra blir nærare omtalte nedanfor.

Våren 2021 la regjeringa fram eit heilskapleg forslag til ny barnevernslov, som er ei meir tilgjengeleg lov, tilpassa samfunnet i dag. Stortinget vedtok lova den 9. juni 2021, og departementet legg opp til at ho skal tre i kraft frå 2023. Lova styrkjer rettstryggleiken for barn og foreldre ved å gi barnevernstenestene eit betre arbeidsverktøy, styrkje det førebyggjande arbeidet og auke kompetansen i tenestene. Lova set behova til barna i sentrum, men legg òg til rette for å byggje på ressursane rundt barnet og å involvere familien og nettverket til barna. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har handsama saker som viser at det på einskilde område i barnevernet er naudsynt å justere praksisen. Den nye barnevernslova byggjer på grundige vurderingar av dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, og ny praksis frå EMD og Noregs Høgsterett.

Regjeringa si barnevernsreform vil gi kommunane eit større ansvar for barnevernet frå 2022. Regjeringa har som mål at reforma skal styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane, slik at fleire barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt og få hjelp der dei bur. Ein viktig del av reforma er ei satsing på kompetanse for dei tilsette i barnevernet. Det er oppretta fleire opplæringsprogram og vidareutdanningar, og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har etablert eigne rettleiingsteam som hjelper kommunane med å utvikle arbeidet i barnevernstenestene. Frå 2022 blir det stilt kompetansekrav til dei tilsette i barnevernet, slik at barnevernet skal ha betre føresetnader for å gi barn og familiar riktig hjelp. Kompetanse er eit viktig verkemiddel for å nå måla om høg kvalitet i sakshandsaminga i barnevernstenestene, og for at tiltak skal møte behova til barn og foreldre.

Hovudprioriteringar i 2022

Regjeringa har sett i verk mange endringar for å styrkje kvaliteten på arbeidet i barnevernet, slik at barn og familiar skal få betre hjelp. Samstundes er det framleis utfordringar i tenestetilbodet. I 2022 vil regjeringa jobbe vidare for eit betre barnevern som bidreg til at fleire barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår.

Barnevernsreforma vil gi kommunane eit større ansvar for barnevernet frå 2022 og skal styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane. Den storstilte satsinga på kompetanse for å betre kvaliteten i tenestene er ein viktig del av reforma. Frå 2022 vil det vere krav til kompetansen hos dei tilsette i barnevernstenestene og på institusjonar. Regjeringa vil styrkje kvaliteten i hjelpetiltaka og tydeleggjere kva slags oppfølging og hjelp barnevernet skal tilby. Betre kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta krev riktige verktøy. Det digitale løftet for det kommunale barnevernet vil derfor halde fram i 2022 og skal gi god støtte for dei tilsette i tenestene.

Regjeringa vil at alle barn skal ha ein trygg heim. Barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, skal få eit trygt og godt tilbod i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Regjeringa vil følgje opp fosterheimsstrategien og auke stabiliteten i, og tilgangen på, gode fosterheimar. Regjeringa vil òg vidareføre satsinga på betre helsetenester til barn i barnevernet. Det er etablert eit tilbod om tverrfagleg helsekartlegging som skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov og bidra til meir treffsikker hjelp og oppfølging for barn som må bu utanfor heimen.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • 77 mill. kroner til å innføre kompetansekrav for dei tilsette i barnevernet

  • 4 mill. kroner til ei digital plattform for opplæring, rettleiing og oppfølging av fosterheimar

  • 1,3 mrd. kroner i overføring frå staten til kommunane i samband med barnevernsreforma

1.4 Stillinga til forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane. Ofte står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskap om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen. Forbrukarane skal sikrast gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte.

Regjeringa vil at forbrukarane i kjøpssituasjonar skal vere i stand til å ta informerte val og kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte. Regjeringa vil òg leggje til rette for at forbrukarane skal kunne ta medvitne val gjennom informasjon om kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve.

Tilgangen til informasjon og handel gjennom digitale medium gir forbrukarane mange moglegheiter, men òg utfordringar. Forbrukarvernet er mellom anna utfordra av nye marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. Mellom anna er marknadsføring i sosiale medium ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, utviklar uheldige kroppsideal og blir utsette for annan skadeleg påverknad.

Utbrotet av koronapandemien våren 2020 tydeleggjorde kor viktig det er med gode forbrukarrettar og eit velfungerande forbrukarapparat som ved behov kan gi informasjon og hjelp. Særleg i starten av pandemien opplevde mange forbrukarar at varer og tenester ikkje blei leverte som avtalt, sjølv om dei var betalte. Viktige forbrukarrettar blei utfordra, og mange forbrukarar fremja klagesaker knytte til dette. Sjølv om situasjonen for forbrukarane gradvis har blitt meir normalisert, må BFD og forbrukarapparatet løpande følgje opp at etablerte forbrukarrettar ikkje blir utfordra. Lovar og reglar må tilpassast situasjonen til forbrukarane.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i perioden 2014–2021:

  • Forbrukarapparatet er frå 1. januar 2021 omorganisert for å oppnå ei betre rollefordeling mellom verksemdene og gjere apparatet meir slagkraftig og effektivt.

  • Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven), jf. Innst. 603 L (2020–2021), er vedteken juni 2021.

  • Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame), jf. Innst. 461 L (2020–2021), er vedteken juni 2021. Marknadsføringslova er endra slik at annonsørar får plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.

  • Tvisteløysingstilbodet til forbrukarane er utvida til å omfatte dei fleste tenester.

  • Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital, som legg særleg vekt på den digitale kvardagen til forbrukarane, blei lagd fram våren 2019 og handsama i Stortinget i april 2020, jf. Innst. 171 S (2019–2020).

  • Løyvinga til Forbrukartilsynet er auka for å styrkje arbeidet med tilsyn og rettleiing på digitalområdet.

  • Frå 1. juli 2019 blei det sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon («gjeldsregister») som gir bankar betre grunnlag for kredittvurderingar.

  • Forbrukarrådet har etablert ein straumprisportal på Internett.

  • Etter initiativ frå regjeringa blei det i 2019 utarbeidd etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. Fagutvalget for influencermarkedsføring handhevar retningslinjene.

  • Strategien Rett på nett. Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst, der forbrukarperspektiv inngår, er lagd fram i september 2021.

  • Det er etablert ei avgrensa kompensasjonsordning for reisande som er råka av konkurs hos pakkereisearrangørar som følgje av koronapandemien, og som ikkje har fått tilbake pengar dei har betalt.

  • Det er våren 2021 sett ned eit ekspertutval, Reisegarantiutvalet, som skal vurdere og føreslå forbetringar i reisegarantisystemet.

Dei viktigaste tiltaka dei siste fire åra blir nærare omtalte nedanfor.

Det er gjennomført ei større omorganisering av forbrukarapparatet for å oppnå ei betre rollefordeling mellom verksemdene og gjere apparatet meir slagkraftig og effektivt. Utflytting av delar av forbrukarapparatet frå Oslo skal òg leggje til rette for vekst og utvikling i heile landet og ei meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar. Handsaminga av forbrukarklagar som tidlegare låg til Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, blei 1. januar 2021 samla og lagt til Forbrukartilsynet. Det utvida Forbrukartilsynet har fått hovudkontor i Porsgrunn. Her er òg Forbrukar Europa, som tidlegare var i Forbrukarrådet, plassert. Kontora for klagehandsaming som Forbrukarrådet hadde i Tromsø og Stavanger, er vidareførte som ein del av Forbrukartilsynet. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet blei 1. januar 2021 lagt ned. Ansvaret som sekretariatet hadde for å førebu saker for Marknadsrådet, blei overført til Klagenemndssekretariatet i Bergen, som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg til dei nemnde oppgåvene vil det nye Forbrukartilsynet få eit særleg ansvar for kunnskapsgrunnlaget i forbrukarsektoren. Forbrukarrådet vil framleis halde til i Oslo og vere ein sterk interessepolitisk aktør med hovudansvar for informasjon og rettleiing til forbrukarane.

Regjeringa la i april 2021 fram Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven). Lova blei vedteken 14. juni 2021, jf. Innst. 603 L (2020–2021). Openheitslova følgjer opp tilrådingane frå Etikkinformasjonsutvalet, som leverte rapport og lovforslag til BFD hausten 2019. Lova skal fremje verksemder sin respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og tenesteyting. Lova skal òg sikre allmenn tilgang til informasjon om korleis verksemdene handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Lova gjeld større verksemder som høyrer heime i Noreg og tilbyr varer og tenester i Noreg eller i utlandet, og større utanlandske verksemder som tilbyr varer og tenester i Noreg og er skattepliktige her. Verksemdene skal utføre aktsemdsvurderingar for mellom anna å avdekkje og handtere negative konsekvensar for menneskerettar og arbeidstilhøve både hos seg sjølve og i leverandørkjedene sine. Verksemdene skal òg offentleg gjere greie for aktsemdsvurderingane sine og ved førespurnad informere forbrukarar, organisasjonar og andre om desse. Openheitslova vil etter planen tre i kraft 1. juli 2022. Forbrukartilsynet er gitt ansvaret for å føre tilsyn med og gi rettleiing om openheitslova.

For å motverke kroppspress og følgje opp oppmodingsvedtak frå Stortinget (Vedtak nr. 852 og 853, 6. juni 2018) fremja regjeringa våren 2021 Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame), med forslag om plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering. Plikta gjeld reklame i både bilete og i levande framstillingar. Det blei òg føreslått å gjere tydeleg i lova at marknadsføring som medverkar til kroppspress, er i strid med kravet i lova om god marknadsføringsskikk overfor barn. Stortinget slutta seg til lovendringane 7. juni, jf. Innst. 461 L (2020–2021). Lovendringane vil etter planen tre i kraft i 2022, etter at ei forskrift om korleis reklamen skal merkjast, og om unntak frå merkjeplikta, ligg føre.

Hovudprioriteringar i 2022

Åtferda til forbrukarane endrar seg i takt med små og store skift i samfunnet, og i takt med korleis forbrukarane lever liva sine. Den raske teknologiske utviklinga, lett tilgjengeleg kreditt og stor merksemd om miljø- og klimapåverknad av forbruket påverkar forbrukaråtferda og dei utfordringane forbrukarane møter. Regjeringa vil møte aktuelle utviklingstrekk med ein aktiv forbrukarpolitikk og eit solid forbrukarvern. Hovudmålet er at det skal vere eit effektivt tilsyn på prioriterte område og eit godt offentleg system for klagehandsaming. Handsamingstida for forbrukarklagar i Forbrukartilsynet, som no er svært lang, må reduserast.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • følgje opp at potensialet som ligg i omorganiseringa av forbrukarapparatet frå 1. januar 2021, blir teke ut

  • 10 mill. kroner til å redusere handsamingstida for forbrukarklagar

  • 10 mill. kroner til oppgåver Forbrukartilsynet får med den nye openheitslova

  • følgje opp forbrukartema i strategien for ein grøn, sirkulær økonomi

1.5 Tru og livssyn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis, og leggje til rette for eit livssynsope samfunn. Trus- og livssynssamfunn er viktige for truslivet til mange menneske og verkar ofte som eit lim i samfunnet.

Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Staten set naudsynte rammer for kyrkja si verksemd gjennom lov, men kyrkja skal ha stor grad av fridom til å fastsetje eigne reglar i kyrkjeordninga. Den norske kyrkja blir finansiert gjennom tilskot frå både stat og kommune.

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal om lag svare til det Den norske kyrkja får i tilskot frå stat og kommune per medlem. Eit viktig mål for den offentlege støtta er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet av trus- og livssynssamfunn. Alle trus- og livssynssamfunn som fyller visse vilkår, til dømes om å ha minst 50 medlemmar, skal derfor kunne krevje offentleg støtte.

Noreg har ei kristen kulturhistorie som fyrst og fremst kjem til uttrykk gjennom kyrkjene og gravplassane i landet. Nær 1 000 kyrkjer er utpeika av Riksantikvaren som kulturhistorisk verdifulle, og om lag 700 av landets 2 000 gravplassar ligg omkring ei freda eller listeført kyrkje. Det er derfor eit uttalt mål for trus- og livssynspolitikken at ein må sikre dei kulturhistoriske verdiane som desse kyrkjestadene representerer, og balansere omsynet til bruk og vern. Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, og dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med sin eigenart.

Opplysningsvesenets fond har opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet til underhald av presten. Eigedommane fordeler seg mellom prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Spørsmålet om eigedomsretten til fondet har vore omdiskutert sidan 1800-talet, men det er no vedteke at eigedelane skal delast mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Meld. St. 29 (2018–2019) og Stortingets vedtak, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Delingsprosjektet er omtalt nedanfor.

Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i perioden 2014–2021 har vore:

  • Prop. 55 L (2015–2016) Endringer i kirkeloven (omdanning av Den norske kirke til eget rettssubjekt m.m.), jf. Innst. 256 L (2015–2016), blei vedteken av Stortinget i mai 2016.

  • Tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja blei oppheva i 2015.

  • Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven), med ein meldingsdel om trus- og livssynspolitikken, jf. Innst. 208 L (2019–2020), blei vedteken av Stortinget i mars 2020.

  • Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020), blei lagd fram i juni 2019 og handsama i Stortinget i april 2020.

  • Prop. 86 L (2019–2020) Endringer i gravferdsloven mv. (urnevegg mv.), jf. Innst. 313 L (2019–2020), blei vedteken av Stortinget i mai 2020.

  • Investeringsramma for rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg blei utvida med i alt 3,75 mrd. kroner i perioden 2014–2019.

  • Stortinget har løyvd om lag 179 mill. kroner i perioden 2019–2021 til tiltak for sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.

  • Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond blei fremja for Stortinget i april 2021 og vedteken i juni 2021, jf. Innst. 623 L (2020–2021).

Dei viktigaste tiltaka dei siste fire åra blir nærare omtalte nedanfor.

Dei siste fire åra har det vore arbeidd med å sluttføre det mangeårige arbeidet med å gjere Den norske kyrkja til ei sjølvstendig folkekyrkje, fri frå statleg styring. I 2017 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten, og arbeidsgivaransvaret for prestane blei overført frå staten til Den norske kyrkja, jf. Prop. 55 L (2015–2016) og Innst. 256 L (2015–2016). Dette danna grunnlaget for at Stortinget våren 2020 kunne vedta ei felles lov for alle trus- og livssynssamfunn, der føresegnene om Den norske kyrkja har rammekarakter, jf. Prop. 130 L (2018–2019) og Innst. 208 L (2019–2020). Meir detaljerte føresegner er opp til Kyrkjemøtet å fastsette i kyrkjeordninga. Lovendringa tok til å gjelde 1. januar 2021 og gir Den norske kyrkja større fridom til å organisere seg slik ho sjølv finn det tenleg.

Den nye trussamfunnslova har òg som føremål å forenkle og sameine dei ulike ordningane som tidlegare gjaldt for dei offentlege tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Mellom anna er tilskotsordninga gjort heilt statleg, og det er no to statsforvaltarar som gjer vedtak om tilskot for trus- og livssynssamfunna. Dette erstattar årlege vedtak om statleg tilskot hos alle statsforvaltarane og over 20 000 årlege einskildvedtak om kommunale tilskot. Alle krav om statstilskot, og rapporteringa på desse, går òg frå 1. januar 2021 gjennom ei digital løysing, som òg erstattar manuell innsending av medlemslister på CD eller minnepenn. Dette er ei sikrare og meir effektiv ordning.

I samband med endringane i trussamfunnslova blei det òg gjort endringar i gravplasslova, jf. Prop. 130 L (2018–2019) og Innst. 208 L (2019–2020). Det er mellom anna ikkje lenger eit vilkår at ein treng samtykke frå kyrkja for å overføre forvaltingsansvaret for gravplassane til kommunen. I lova er statsforvaltaren gitt mynde til etter søknad å fastsetje forskrift om at ansvaret som lokal gravplasstyresmakt skal liggje til kommunen. Statsforvaltaren har òg teke over oppgåvene som regional gravplasstyresmakt som tidlegare låg hos bispedømmeråda i Den norske kyrkja. Dette for å synleggjere at gravplassane er for alle, og at Den norske kyrkja forvaltar dette området på vegner av det offentlege. For å byggje eit robust kompetansemiljø på gravplassområdet er oppgåvene samla hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. I tillegg er det mellom anna igjen opna for å byggje urneveggar. Lovendringane tok til å gjelde 1. januar 2021.

Regjeringa la i 2019 fram ei stortingsmelding om Opplysningsvesenets fond, jf. Meld. St. 29 (2018–2019). I lang tid har det vore uavklart kven som eig fondet – Den norske kyrkja eller staten. Etter at Den norske kyrkja ikkje lenger er del av staten, meinte departementet at Stortinget burde avgjere spørsmålet, og føreslo i meldinga at Opplysningsvesenets fond på visse vilkår skulle delast mellom Den norske kyrkja og staten. Det viktigaste vilkåret er at staten skal auke sin innsats for å setje i stand dei kulturhistorisk viktige kyrkjene. Satsinga skal om lag svare til den verdien staten blir eigar av. Stortinget slutta seg til dette forslaget våren 2020, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Det let seg ikkje gjere å gjennomføre delinga av verdiane i fondet med den gjeldande lova om Opplysningsvesenets fond. Departementet la derfor fram forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond våren 2021, jf. Prop. 144 L (2020–2021). Stortinget vedtok ny lov 14. juni 2021, jf. Innst. 623 L (2020–2021). Frå 1. januar 2023 skal fondet vere delt mellom Den norske kyrkja og staten.

Dei tre siste åra har innsatsen med å vareta dei kulturhistorisk viktige kyrkjene våre blitt vesentleg styrkt. I perioden frå 2019 til 2021 har det vore løyvd om lag 179 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Midlane vil primært gå til sikring og istandsetjing av klimaskal (veggar, tak og tårn) og utskifting av gamle elektriske anlegg og varmeomnar. Det er Riksantikvaren som forvaltar ordninga, i samarbeid med kyrkja. For 2022 gjer departementet eit framlegg om ei løyving på om lag 20 mill. kroner i tilskot til istandsetjing av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, sjå kap. 882, post 61.

Hovudprioriteringar i 2022

Regjeringa har gjennom regjeringsperioden sett i verk mange endringar for å tilpasse lovverket til det religiøse landskapet vi har i dag. Regjeringa vil vidareføre eit stabilt rammetilskot til Den norske kyrkja, slik at ho kan halde fram med å vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Ho vil òg føre ein politikk som bidreg til eit livssynsope samfunn, ved at tilskota til trus- og livssynssamfunna blir førte vidare og forvalta effektivt. For å sjå korleis dei nye ordningane fungerer, vil ein gjennom dei neste åra følgje opp og evaluere gjennomføringa av trussamfunnslova. Samstundes er det framleis utfordringar som må løysast. Arbeidet med å følgje opp Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 623 L (2020–2021), vil ha høg prioritet i åra som kjem. Det same vil arbeidet med å setje i stand dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Innanfor programkategorien er det òg naudsynt å følgje opp og gjere endringar i regelverket på fleire område.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2022:

  • føre vidare arbeidet med å dele Opplysningsvesenets fond sine eigedommar mellom staten og Den norske kyrkja, og i samband med dette berekne vedlikehaldsetterslepet for eigedommane og utgifter knytt til overføringa

  • starte opp arbeidet med å finne ut korleis Opplysningsvesenets fond skal forvaltast etter at staten overtek fondet

  • føre vidare arbeidet med å setje i stand dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga, i samarbeid med kommunar og kyrkjeeigarar

  • gjere naudsynte endringar i gravplasslova og -forskrifta

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Administrasjon

800

Barne- og familiedepartementet

162 552

161 588

165 352

2,3

Sum kategori 11.00162 552161 588165 3522,3

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

260 606

275 172

295 674

7,5

841

Samliv og konfliktløysing

36 093

55 543

56 387

1,5

842

Familievern

606 681

613 434

658 213

7,3

843

Adopsjonsstønad

5 197

9 200

8 500

-7,6

844

Kontantstøtte

1 549 821

1 510 000

1 440 000

-4,6

845

Barnetrygd

16 269 100

17 358 000

18 169 991

4,7

846

Familie- og oppveksttiltak

836 306

1 003 998

1 260 480

25,5

847

EUs ungdomsprogram

8 537

10 628

15 974

50,3

848

Barneombodet

22 516

22 433

22 711

1,2

Sum kategori 11.1019 594 85720 858 40821 927 9305,1

Barnevernet

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

228 846

235 314

240 317

2,1

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 132 597

1 190 719

403 716

-66,1

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 138 095

7 240 865

7 060 310

-2,5

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

89 898

119 759

122 010

1,9

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

583 599

619 527

634 515

2,4

Sum kategori 11.209 173 0359 406 1848 460 868-10,0

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

155 609

109 576

109 153

-0,4

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

10 915

11 264

11 264

0,0

865

Forbrukarpolitiske tiltak

20 019

121 251

17 655

-85,4

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

14 093

0,0

868

Forbrukartilsynet

40 437

104 493

124 668

19,3

Sum kategori 11.30241 073346 584262 740-24,2

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

880

Den norske kyrkja

2 318 901

2 365 123

2 434 616

2,9

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

425 415

963 528

973 186

1,0

882

Kyrkjebygg og gravplassar

74 957

77 782

74 027

-4,8

Sum kategori 11.502 819 2733 406 4333 481 8292,2

Sum programområde 1131 990 79034 179 19734 298 7190,3

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

21 781 305

21 624 000

23 161 100

7,1

Sum kategori 28.5021 781 30521 624 00023 161 1007,1

Sum programområde 2821 781 30521 624 00023 161 1007,1

Sum utgifter

53 772 095

55 803 197

57 459 819

3,0

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Familie og oppvekst

3842

Familievern

751

784

804

2,6

3847

EUs ungdomsprogram

3 280

2 364

5 964

152,3

Sum kategori 11.104 0313 1486 768115,0

Barnevernet

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

207

0,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 454 898

1 543 803

2 481 339

60,7

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

88 305

116 005

118 426

2,1

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

6 637

515

528

2,5

Sum kategori 11.201 550 0471 660 3232 600 29356,6

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukartilsynet

2 500

2 552

2,1

Sum kategori 11.302 5002 5522,1

Sum programområde 111 554 0781 665 9712 609 61356,6

Sum inntekter

1 554 078

1 665 971

2 609 613

56,6

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

8 447 545

8 713 417

8 923 531

2,4

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

4 937

10 029

8 070

-19,5

50–89

Overføringar til andre

45 319 613

47 079 751

48 528 218

3,1

Sum under departementet

53 772 095

55 803 197

57 459 819

3,0

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2022 kan

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 842, post 01

kap. 3842, post 01

kap. 847, post 01

kap. 3847, post 01

kap. 855, post 01

kap. 3855, postane 01, 02 og 60

kap. 856, post 01

kap. 3856, post 01

kap. 858, post 01

kap. 3858, post 01

kap. 868, post 01

kap. 3868, post 02

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga, og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter er tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Barne- og familiedepartementet (BFD). Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen (2020–2021) og alle vedtak frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 580 S (2020–2021) meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettforslaget gitt ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kvar denne framstillinga finst.

I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor står det om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodingsvedtaket er avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt vere avslutta fyrst når saka er lagd fram for Stortinget.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2020–2021

15

ekspertutval som skal gå gjennom norsk barnevern

Ja

2020–2021

48

forbod mot søskenbarnekteskap

Nei

2020–2021

49

sanksjonar mot trussamfunn som bryt det særskilde straffebodet mot tvangsekteskap

Ja

2020–2021

395

tiltak mot sosial kontroll i lukka trussamfunn

Ja

2020–2021

396

§ 6 andre ledd i trussamfunnslova

Nei

2020–2021

444

institusjonsplassering etter § 4-24 i barnevernlova

Ja

2020–2021

445

involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Nei

2020–2021

714

strengare reaksjonar mot samværshindring

Nei

2020–2021

715

justering av barnebidragsreglane

Nei

2020–2021

867

vaksen stebarnsadopsjon

Ja

2020–2021

918

obligatorisk prisinformasjon på straum

Nei

2020–2021

919

endring av straumavtale

Nei

2020–2021

920

prisinformasjon om straumavtalen

Nei

2020–2021

954

fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Nei

2020–2021

972

eigendel for mat i krisesentera

Nei

2020–2021

1124

tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Nei

2020–2021

1195

krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Nei

2020–2021

1196

styrkje og omstille det statlege tilbodet i barnevernet

Ja

2020–2021

1197

ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Nei

2020–2021

1198

alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Nei

2020–2021

1199

god innføring i barnevern for folkevalde i kommunen

Ja

2020–2021

1201

oppfølging av tilrådingane frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Nei

2020–2021

1286

livssituasjonen for barn og unge som lever på hemmeleg adresse

Ja

2019–2020

498

forbod mot etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Nei

2019–2020

500

oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Nei

2019–2020

501

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Nei

2019–2020

502

utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Nei

2019–2020

513

offentlege tenester i eit forbrukarperspektiv

Ja

2019–2020

514

ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Ja

2019–2020

637

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Nei

2017–2018

169

verknader av forenklinga i foreldrepengeperioden

Ja

2017–2018

853

god marknadsføringsskikk overfor barn

Ja

2016–2017

491

evaluering av felles foreldreansvar

Nei

2016–2017

606

politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Nei

2016–2017

607

ordning for å sertifisere alle offentleg tilsette som er i kontakt med barn

Ja

2016–2017

786

evaluering av ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Ja

2016–2017

789

sakshandsamingstida ved utanlandsadopsjon

Ja

2016–2017

790

oppfølging av adopterte og familiane deira

Nei

2015–2016

744

best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Nei

2015–2016

745

pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Nei

2015–2016

890

lov om openheit om produksjonsstader og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukarar og organisasjonar

Ja

2014–2015

16

nytt felles anbod for faste barnevernsplassar

Ja

Stortingssesjon (2020–2021)

Ekspertutval som skal gå gjennom norsk barnevern

Vedtak 15, 6. oktober 2020

«Stortinget ber regjeringen sette ned et ekspertutvalg som skal gjennomgå norsk barnevern med mål om å bedre rettssikkerheten i alle ledd av tjenesten, der hensynet til barnets beste skal ligge til grunn for utvalgets arbeid.»

Vedtaket blei gjort i samband med trontalen 2020.

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval, Barnevernsutvalet, som skal vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet skal vurdere rettstryggleiken i ulike fasar i arbeidet til barnevernet, og korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene. Dei skal òg vurdere korleis tilbodet til dei barna som treng mest oppfølging, bør innrettast. Utvalet starta opp arbeidet våren 2021 og skal levere tilrådingane sine i 2023. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Forbod mot søskenbarnekteskap

Vedtak 48, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem et lovforslag om å forby søskenbarnekteskap.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 66 L (2019–2020) Endringer i straffeloven mv. (avvergingsplikt, utenomrettslig tvangsekteskap, diskrimineringsvern, skyting mot politiet mv.), jf. Innst. 41 L (2020–2021) og Lovvedtak 13 (2020–2021).

Barne- og familiedepartementet vurderer at det i samband med oppfølginga av oppmodingsvedtaket er naudsynt å gjere ei vurdering av dei menneskerettslege implikasjonane av eit forbod, før det blir gjort vidare utgreiingar. Barne- og familiedepartementet har derfor bede Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) om å greie ut det menneskerettslege handlingsrommet som gjeld for det vidare arbeidet med oppfølging av vedtaket. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Sanksjonar mot trussamfunn som bryt det særskilde straffebodet mot tvangsekteskap

Vedtak 49, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede sanksjoner mot trossamfunn som bryter det særskilte straffebudet mot tvangsekteskap.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 66 L (2019–2020) Endringer i straffeloven mv. (avvergingsplikt, utenomrettslig tvangsekteskap, diskrimineringsvern, skyting mot politiet mv.), jf. Innst. 41 L (2020–2021) og Lovvedtak 13 (2020–2021).

Reglane i straffelova om føretaksstraff omfattar òg trussamfunn, jf. straffelova §§ 27 og 28. Når nokon som opptrer på vegner av eit trussamfunn, gjer eller medverkar til ei straffbar handling, til dømes brot på straffelova § 253 om tvangsekteskap, kan trussamfunnet straffast. Det er opp til påtalemakta å vurdere om det ut frå bevisa og forholda elles er grunnlag for å reise straffesak, og det vil vere opp til retten å vurdere ved skjønn om føretaket bør få straff. Straffelova § 28 peikar på omsyn som er sentrale ved avgjerda.

Etter trussamfunnslova, som blei vedteken 20. april 2020 og tredde i kraft 1. januar 2021, kan eit trussamfunn dessutan nektast tilskot viss det, eller nokon som opptrer på vegner av det, «utøver vold eller tvang, fremsetter trusler, krenker barns rettigheter, bryter lovbestemte diskrimineringsforbod eller på andre måter alvorlig krenker andres rettigheter og friheter», jf. § 6 fyrste ledd. I lovforarbeida er brot på straffelova § 253 om tvangsekteskap nemnde som eit døme på forhold som kan rammast av alternativet «utøver vold eller tvang» og alternativet «krenker barns rettigheter», jf. side 258 i Prop. 130 L (2018–2019). Tilskot til eit trussamfunn kan dessutan krevjast heilt eller delvis tilbakebetalt dersom eitt eller fleire av vilkåra for å nekte tilskot er oppfylte, jf. § 6 fjerde ledd. Etter § 4 tredje ledd kan eit trussamfunn òg nektast registrering, eller registreringa kan trekkjast tilbake, dersom eitt eller fleire av vilkåra for å nekte tilskot i § 6 er oppfylte.

Departementet meiner på denne bakgrunnen at det allereie er tilstrekkelege sanksjonar i dagens lovverk, og reknar vedtaket som følgt opp.

Tiltak mot sosial kontroll i lukka trussamfunn

Vedtak 395, 17. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen særskilt inkludere tiltak mot sosial kontroll i lukkede trossamfunn, i den kommende handlingsplanen mot sosial kontroll.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet, jf. Innst. 14 S (2020–2021).

I den nye handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024) er negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn trekt fram som eit eige tema med tre tilhøyrande tiltak som handlar om å utvikle kunnskapsgrunnlaget om utsette i trus- og livssynssamfunn, å utvikle tiltak for opplæring om negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn og å inkludere temaa negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting i ein ny rettleiar for trus- og livssynssamfunn. På denne bakgrunnen reknar departementet vedtaket som følgt opp.

§ 6 andre ledd i trussamfunnslova

Vedtak 396, 17. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at trossamfunnsloven § 6 andre ledd trer i kraft snarest og senest 1. april 2021.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet, jf. Innst. 14 S (2020–2021).

Då trussamfunnslova var på høyring i 2017, var ein slik heimel ein del av framlegget. Departementet valde med bakgrunn i høyringa å ikkje gå vidare med denne delen av framlegget fordi det blei peika på i høyringa at ei slik føresegn ville vere vanskeleg å avgrense og praktisere. Det var derfor naudsynt med ei større utgreiing og høyring, noko som gjorde at det ikkje var mogleg å setje trussamfunnslova § 6 andre ledd i kraft innan 1. april 2021. Eit forslag til konkretiseringar i forskrifta til trussamfunnslova § 6 andre ledd blei sendt på høyring i juni 2021 med frist 15. oktober 2021. Høyringsnotatet har BFD utarbeidd saman med Utanriksdepartementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket etter høyringa.

Institusjonsplassering etter § 4-24 i barnevernlova

Vedtak 444, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det opprettes egnede institusjoner i barnevernet som kan gjennomføre bestemmelsene etter § 4-24 i barnevernloven om plassering og tilbakehold i opptil tolv måneder uten eget samtykke eller samtykke fra den som har foreldreansvaret for barnet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak mot ungdoms- og gjengkriminalitet, jf. Dok. 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021).

Det følgjer av barnevernlova § 4-24 at eit barn som har vist alvorlege åtferdsvanskar, kan plasserast i institusjon utan samtykke i opptil 12 månader. Plasseringar etter § 4-24 blir gjorde i statlege eller private behandlingsinstitusjonar som er lagde til rette for desse målgruppene: alvorlege åtferdsvanskar og høg risiko for vidare problemutvikling, alvorlege åtferdsvanskar og låg risiko for vidare problemutvikling eller alvorleg eller vedvarande rusmisbruk. Vedtak om ei slik plassering kan berre treffast dersom andre, mildare tiltak ikkje er tilstrekkelege. Vidare må institusjonen som er føreslått, vere fagleg og materielt i stand til å tilby tilfredsstillande hjelp til barnet, sett opp mot føremålet med plasseringa og om plasseringa er til det beste for barnet. Plasseringstida kan i særlege tilfelle forlengjast med opptil 12 nye månader utan samtykke.

Føresegna i § 4-24 blir gjennomført innanfor det eksisterande institusjonstilbodet. Departementet viser samstundes til at Prop. 133 L (2020–2021) inneheld ei skildring av dagens institusjonstilbod, utviklingstrekk og utfordringar på området. Departementet og Barne-, ungdoms- og familieetaten arbeider systematisk og målretta med å auke kvaliteten i institusjonstilbodet i barnevernet. Det er mellom anna lovfesta krav til at nytilsette skal ha relevant bachelorgrad, og at leiaren skal ha barnevernsfagleg eller annan relevant mastergrad. Krav om relevant bachelorgrad for nytilsette trer i kraft i 2022. Masterkravet for leiarar og fungerande leiarar gjeld frå 2022, med ei overgangsordning fram til 2031.

For at alle institusjonar skal jobbe systematisk og fagleg godt med å vareta dei grunnleggjande behova og rettane til alle barn i barnevernsinstitusjonar, er det innført eit standardisert forløp i alle statlege, private og kommunale institusjonar. I tillegg er det implementert eigne forløp for statlege akutt-, omsorgs- og behandlingsinstitusjonar. Tilsvarande forløp for alle kommersielle og ideelle aktørar vil vere innførte i løpet av 2022.

Departementet varsla vidare i Prop. 133 L (2020–2021) ein heilskapleg gjennomgang av regelverket om tvang på institusjon. Departementet vil i samanheng med denne gjennomgangen vurdere forslag frå Bufdir til endringar i regelverk og rammer i institusjonstilbodet til unge med store og komplekse utfordringar. Departementet vil sørgje for ein grundig og open prosess der relevante aktørar blir involverte i arbeidet. I tillegg skal Barnevernsutvalet vurdere korleis tilbodet til dei barna som treng mest oppfølging, bør innrettast.

På denne bakgrunnen reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Vedtak 445, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan foreldre i større grad kan involveres og ansvarliggjøres for gjentatte lovbrudd som er begått av deres barn som er under den kriminelle lavalder, og fremme forslag om dette.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak mot ungdoms- og gjengkriminalitet, jf. Dok. 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021).

Barnevernet er ein viktig bidragsytar for å hjelpe foreldre til barn med alvorlege åtferdsvanskar som til dømes gjentekne lovbrot. Oppfølging av oppmodingsvedtaket fordrar godt samarbeid mellom justissektoren og barnevernet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Strengare reaksjonar mot samværshindring

Vedtak 714, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede strengere reaksjoner som kan motvirke samværshindring.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværssabotasje, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Barnelovutvalet leverte utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov den 4. desember 2020. Utgreiinga blei send på høyring med høyringsfrist 1. mai 2021. Departementet arbeider med innspela frå høyringa og vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket.

Justering av barnebidragsreglane

Vedtak 715, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværssabotasje, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Barnelovutvalet leverte utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov den 4. desember 2020. Utgreiinga blei send på høyring med høyringsfrist 1. mai 2021. Departementet arbeider med innspela frå høyringa og vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket.

Vaksen stebarnsadopsjon

Vedtak 867, 4. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at det myndige barnets mening vektes tyngre i saker om voksen stebarnsadopsjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om vaksen stebarnsadopsjon, jf. Dok. 8:107 S (2020–2021) og Innst. 347 S (2020–2021).

Som følgje av ei sak som var klaga inn for Sivilombodet og utsegna frå ombodet i saka, viste det seg at retningslinjene som gjeld vaksenadopsjon, ikkje var godt i samsvar med lov, forskrift og forarbeid. På bakgrunn av dette fekk Bufdir i oppgåve å endre retningslinjene om stebarnsadopsjon slik at meininga til det myndige barnet blir vekta tyngre i saker om vaksen stebarnsadopsjon. Parallelt med Bufdir sitt arbeid med å endre retningslinjene gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket. Bufdir er gjort merksam på vedtaket og arbeider med å endre retningslinjene slik at desse er godt i samsvar med lov og forarbeid.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Obligatorisk prisinformasjon på straum

Vedtak nr. 918, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en ny obligatorisk prisinformasjon/enhetspris på strøm, slik at forbruker enkelt kan sammenligne priser på tvers av alle avtaletyper, og dermed sikre at forbrukerne kan ta informerte valg.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).

Forbrukartilsynet leverte anbefalingar om tiltak for å styrkje forbrukaranes stilling i straummarknaden til BFD 23. juni 2021. Departementet vil sjå anbefalingane i samanheng med oppmodningsvedtak nr. 918, 919 og 920 av 11. mai 2021 og komme tilbake til Stortinget på eigna vis om oppfølginga av vedtaka.

Endring av straumavtale

Vedtak nr. 919, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre krav om at strømselskapene ved endring av avtale skal opplyse strømkundene i god tid og gjennom tydelig merket informasjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).

Forbrukartilsynet leverte tilrådingar om tiltak for å styrkje forbrukarane si stilling i straummarknaden til BFD 23. juni 2021. Departementet vil sjå tilrådingane i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 918, 919 og 920 av 11. mai 2021 og komme tilbake til Stortinget på eigna vis om oppfølginga av vedtaka.

Prisinformasjon om straumavtalen

Vedtak nr. 920, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre obligatorisk informasjon om hvor lenge prisen på en strømavtale minimum varer. Denne prisinformasjonen skal opplyses om på strømregningen og ved alt salg og all markedsføring av strøm.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).

Forbrukartilsynet leverte tilrådingar om tiltak for å styrkje forbrukarane si stilling i straummarknaden til BFD 23. juni 2021. Departementet vil sjå tilrådingane i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 918, 919 og 920 av 11. mai 2021 og komme tilbake til Stortinget på eigna vis om oppfølginga av vedtaka.

Fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Vedtak nr. 954, 20. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som gir kommunene bedre virkemidler til å hindre fritidsaktiviteter for barn og unge som kan bidra til radikalisering eller være i strid med barns rettigheter eller likestillings- og diskrimineringsloven, herunder:
  • en forpliktende samfunnskontrakt for integrering i samarbeid med tros- og livssynssamfunnenes organisasjoner

  • mulighet til å kartlegge og føre tilsyn med fritidsaktiviteter for barn og unge som omfatter religiøs undervisning.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å gje kommunen ein klar lovheimel til å hindre organisasjonar og trussamfunn i å drive klart integreringshemjande aktivitet, jf. Dok. 8:135 S (2020–2021) og Innst. 406 S (2020–2021).

Departementet vil sjå oppfølginga av dette vedtaket i samenheng med vedtak 498, 14. april 2020, om eit forbod mot faste etter-skule-tilbod for barn med overnatting. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaka på eigna vis.

Eigendel for mat i krisesentera

Vedtak nr. 972, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gå gjennom lov om kommunale krisesentertilbud og legge opp til at det ikke tas egenandel for mat fra den enkelte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt og gratis krisesentertilbod for valdsutsette, jf. Dok. 8:134 S (2020–2021) og Innst. 427 S (2020–2021).

Krisesenterlova fastset at krisesentertilbodet skal vere gratis. I forarbeida til lova går det fram at det ikkje skal krevjast betaling for opphaldet, med unntak av eventuelle utgifter til mat til kostpris. Det er ulik praksis for korleis krisesentera organiserer mat og måltider. Dei fleste sentera legg opp til at bebuarane kjøper og lagar mat sjølve. Nokre få krisesenter dekkjer mat, slik at bebuarane ikkje har nokon matutgifter under opphaldet, eller dei opererer med ein eigendel for matutgifter. Departementet vil sjå nærare på bruken av eigendelar i samband med arbeidet med å greie ut endringar i krisesenterlova og vurdere tiltak for å auke kvaliteten på krisesentertilbodet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Vedtak nr. 1124, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021).

Krisesenterstatistikken til Bufdir viser at sju krisesenter for kvinner og åtte senter for menn ikkje gir tilbod om opphald til utsette med ein kjend rusproblematikk. I tillegg er det personar i aktiv rus som ikkje oppsøkjer krisesentera. Departementet skal drøfte desse problemstillingane i samband med arbeidet med å greie ut endringar i krisesenterlova og vurdere tiltak for å auke kvaliteten på krisesentertilbodet. Sjå omtale under Programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Vedtak nr. 1195, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om autorisasjon for de som skal jobbe med omsorgsovertakelser.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet innføring av ei autorisasjonsordning i barnevernet. Med bakgrunn i ei utgreiing frå Bufdir fann departementet at innføring av kompetansekrav, meir praksisnære og relevante masterutdanningar og betre tilgang til rettleidd praksis under studia vil vere meir treffsikre og eigna tiltak for å auke tilliten til barnevernet og sørgje for at dei tilsette har tilstrekkeleg og naudsynt kompetanse. Vedtaket frå Stortinget peikar på ei autorisasjonsordning for dei som arbeider med omsorgsovertakingar, og er eit meir snevert forslag enn det som tidlegare er greidd ut. Departementet vil greie ut dette og komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Styrkje og omstille det statlege tilbodet i barnevernet

Vedtak nr. 1196, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking og omstilling av det statlige tilbudet for målgruppene «akutt» og «atferd høy» blant barn med særlig omfattende oppfølgingsbehov, og sikre at ideelle aktører fortsatt kan levere tilbud for målgruppene «omsorg for barn under 13 år» og rusbehandling.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I meldingsdelen av Prop. 133 L (2020–2021) blei det skildra ei ønskt innretting av institusjonsområdet framover der statlege institusjonar varetek barna med dei største og mest samansette behova, samstundes som den ideelle delen institusjonsplassar blir auka. Oppmodingsvedtaket blir tolka som at Stortinget hovudsakleg sluttar seg til denne tilnærminga, med ei presisering av at dei ideelle framleis skal kunne levere plassar til målgruppa «omsorg for barn under 13 år», som var ei av dei målgruppene departementet meinte at statlege institusjonar som hovudregel burde vareta.

Det blei i meldinga til Stortinget presisert at departementet si tilnærming vil ha monalege budsjettmessige konsekvensar. Ei styrking og omstilling i tråd med tilnærminga i Prop. 133 L (2020–2021) er derfor ei prioriteringssak for dei årlege budsjetta. Samstundes arbeider Bufdir framover med fornying av avtaleverket med dei private aktørane, der dei eksisterande avtalane går ut våren 2022. Departementet har i styringsdialogen med Bufdir presisert at Bufdir i førebuinga av nytt avtaleverk skal ta omsyn til Stortinget si presisering av at ideelle framleis skal kunne levere plassar til målgruppene barn under 13 år og rus. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Vedtak nr. 1197, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å innføre en ordning med annenhåndsvurdering av akutt-/hastevedtak.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Departementet viser til at Barnevernsutvalet skal vurdere tiltak for å styrkje rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet skal mellom anna vurdere behovet for, og eventuelt føreslå endringar knytte til, system og organisatoriske løysingar for kvalitetssikring av avgjerdsgrunnlaget til barnevernstenesta, vurderingar og avgjerder i alle typar tvangssaker. Dette omfattar òg akuttsaker. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis etter at utvalet har lagt fram innstillinga si.

Alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Vedtak nr. 1198, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen arbeide videre med å finne et alternativt begrep til atferdsbegrepet i barnevernsloven.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet omgrepet åtferd og alternativ til det. Det var vanskeleg å finne et omgrep som er tilstrekkeleg presist til å heimle inngripande tiltak om tvang. Som varsla i Prop. 133 L (2020–2021) skal departementet gjennomføre ein heilskapleg gjennomgang av reglane om tvang i barnevernet. I samband med gjennomgangen vil departementet arbeide vidare med å finne eit alternativt omgrep og komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

God innføring i barnevern for folkevalde i kommunen

Vedtak nr. 1199, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at de folkevalgte i kommunen ved starten av hver periode får en god innføring i sitt lokale barnevern.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Kommunen har ansvar for barnevernet og for å ha systematisk kontroll som sikrar at den kommunale barnevernstenesta utfører arbeidet sitt i tråd med regelverket, slik at barn og familiar får den hjelpa dei har behov for. Med ny barnevernslov vil det bli innført fleire tiltak som skal støtte opp om arbeidet i kommunane og medverke til at den politiske og administrative leiinga i kommunen er godt kjend med verksemda til barnevernet.

Frå 1. januar 2021 skal kommunestyret minst éin gong i året få ei utgreiing om tilstanden i barnevernstenesta (barnevernlova § 2-1 nytt åttande ledd). Eit av dei viktigaste føremåla med tilstandsrapporteringa er at ho skal bidra til å auke merksemda i kommunane om kva som er godt barnevern. I tillegg har statsforvaltarane fått i oppgåve å følgje opp og ha dialog med kommunane om tilstanden i barnevernet. Informasjonen skal gjere folkevalde i stand til å setje retning for tenesta.

Den årlege tilstandsrapporteringa og kommunen sitt system for internkontroll skal gi dei folkevalde god informasjon om barnevernet. I tillegg har BFD bede Bufdir om å leggje inn ei tilråding i den nettbaserte rettleiaren om tilstandsrapportering om at barnevernet etter kvart kommuneval gir kommunestyret ei innføring i det lokale barnevernet. BFD har òg bede Bufdir om at det blir lagt inn ei tilsvarande tilråding for barnevernsområdet i rettleiinga om internkontroll, som er under utarbeiding.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Oppfølging av tilrådingar frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Vedtak nr. 1201, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen følge opp rettsikkerhetsutvalgets anbefalinger på barnevernsområdet uten ubegrunnet opphold.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval, Barnevernsutvalget, som skal vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet skal levere sine tilrådingar i 2023. Etter at utvalet har levert sin rapport vil departementet utan ugrunna opphald komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av tilrådingane frå utvalet.

Livssituasjonen for barn og unge som lever på hemmeleg adresse

Vedtak nr. 1286, 17. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen nedsette et ekspertutvalg som skal utrede problemstillinger og mulige tiltak for å forbedre livssituasjonen for de barn og unge som lever på hemmelig adresse. Utvalget bør inkludere brukerrepresentanter.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak for dei som lever på hemmeleg eller fortruleg adresse, jf. Dok. 8:295 S (2020–2021) og Innst. 667 S (2020–2021).

I august la regjeringa fram Frihet fra vold. Regjeringens handlingsplan for å forebygge og bekjempe vold i nære relasjoner 2021–2024. Tiltak 40 i handlingsplanen omfattar ei evaluering av adressesperre (kode 6 og 7) og vil òg omhandle korleis adressesperre kan opplevast for barn og unge. Evalueringa vil dekkje dei omsyna og den intensjonen som ligg i oppmodingsvedtaket. Barne- og familiedepartementet har ansvar for tiltaket saman med Justisdepartementet. Tiltak 40 lyder:

Adressesperre er et tiltak som kan iverksettes for å beskytte trusselutsatte personer. Kripos har ansvar for å melde inn behov for adressesperre for voksne og deres barn til folkeregisteret.
Barnevernstjenesten har ansvar for å melde inn behov for adressesperre i saker hvor Fylkesnemnda har fattet vedtak om skjult adresse etter barnevernloven § 4-19 annet ledd, annet punktum. Evaluator skal se på omfanget av bruken av adressesperre, hva som kjennetegner disse sakene og hvordan politiet og barnevernstjenesten organiserer seg i dette arbeidet. Evaluator skal òg se på vurderingene som ligger til grunn for bruken av kode 6 og 7, og eventuelt hvilke andre beskyttelsestiltak som iverksettes for å beskytte de trusselutsatte. Evaluator skal òg belyse hvordan tiltaket oppleves for de utsatte og hvilke konsekvenser det får for dem. Evaluator skal særskilt se på de ulike gruppene av trusselutsatte med sperret adresse; unge og voksne uten barn, voksne som har omsorg for barn samt barn og unge under barnevernets omsorg.

Departementet vil be evaluatoren om å inkludere brukarrepresentantar i prosjektet og meiner evalueringa med det oppfyller intensjonen i oppmodingsvedtaket. Departementet reknar derfor vedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon (2019–2020)

Forbod mot faste etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Vedtak 498, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer med sikte på å forby faste etter-skole-tilbud med overnatting over lengre tid for å forhindre segregering, parallellsamfunn, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 130 L (2019–2020) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 S (2019–2020).

BFD har byrja på eit utgreiingsarbeid i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet om moglege lovendringar. Utgreiinga reiser òg krevjande menneskerettslege spørsmål, mellom anna om retten til privatliv og om trus- og livssynsfridom. Stortinget er derfor i svar på skriftleg spørsmål nr. 1502 datert 12. mars 2021 orientert om at det ikkje var mogleg å komme til Stortinget med eit lovframlegg våren 2021, slik familie- og kulturkomiteen bad om. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Vedtak nr. 500, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen i arbeidet med oppdelingen av Opplysningsvesenets fond ivareta følgende:
  • 1. Staten og kirken skal være likeverdige parter i prosessen som skal avklare hvilke bygninger kirken skal overta, og det legges til grunn at staten kommer til enighet med Den norske kirke om dette.

  • 2. Kirkens verdier skilles ut først, deretter bør staten gjøre egne vurderinger av forvaltning av de verdier som ligger igjen i fondet.

  • 3. Betingelsen for delingen av fondet er at staten øker sin innsats for bevaring av de kulturhistorisk viktige kirkebyggene i et omfang som svarer til de verdiene som staten blir eier av på et bestemt tidspunkt. Når eiendelene i Opplysningsvesenets fond er endelig fordelt mellom staten og kirken, må det gjøres beregning av den reelle verdien. Den reelle verdien skal komme de kulturhistorisk viktige kirkebyggene til gode ved istandsetting og sikring av kirkene. Statens økte innsats for bevaring av kirkene må over tid minst svare til denne verdien (inflasjonsjustert).

  • 4. Statens økte innsats overfor kirkebyggene skal ikke avløse kommunenes økonomiske ansvar for kirkebyggene eller komme til erstatning for andre tiltak eller ordninger som finnes på området.

  • 5. I samråd med kirkelige instanser, antikvariske myndigheter mfl. igangsettes arbeidet med bevaringsprogrammer for ulike kategorier av kulturhistorisk viktige kirkebygg, for eksempel ved å kategorisere kirkebyggene etter alder, verneverdi eller vedlikeholdstilstand.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova følgjer opp Innst. 209 S (2019–2020) og skal leggje det rettslege grunnlaget for deling av Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten, i samsvar med stortingsvedtaka. I proposisjonen blir det lagt til grunn at Den norske kyrkja og staten er likeverdige partar i delingsarbeidet. Det er etablert eit eige prosjekt for arbeidet som følgje av dei kriteria for deling som blei lagde til grunn i Meld. St. 29 (2018–2019), og som seinare er følgde opp i Prop. 144 L (2020–2021). Partane har overlevert ein samla rapport med tilrådingane sine til departementet. Det er relativt stor semje om kva eigedommar som bør overførast. Departementet vil no følgje opp arbeidet og setje i gang ein prosess for å overføre eigedommane det er semje om; sjå nærare omtale under programkategori 11.50. Dei andre punkta i vedtaket og vedtak nr. 501 av 14. april 2020 blir følgde opp etter kvart som arbeidet med delinga blir ferdig. Det er gjort kort greie for oppfølgingsarbeidet i Prop. 144 L (2020–2021). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare framdrifta på eigna måte seinare.

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Vedtak nr. 501, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med sak om fondseiendommene staten overtar etter at Opplysningsvesenets fond er oppdelt. Det bes om at regjeringen belyser spørsmål som angår det statlige fondets formål, dets samfunnsansvar, organisering, vilkår for salg av eiendommer, sikkerhetsspørsmål ved eventuelle salg til utenlandske aktører samt andre forhold som er av betydning for forvaltningen av det gjenværende fondet staten overtar.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova legg det rettslege grunnlaget for å dele Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten. Frå 1. januar 2023 blir staten eigar av dei delane av fondet som ikkje blir overførte til kyrkja. Departementet vil på eigna måte komme tilbake til dei spørsmåla som vedtaket omhandlar, etter at fondet er delt.

Utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Vedtak nr. 502, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbedring av verneverdige kirkebygg.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Departementet tek sikte på at planen skal femne om eitt eller fleire verneprogram for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Planen må sjåast i samanheng med anna arbeid i samband med delinga av Opplysningsvesenets fond, jf. nærare omtale under oppmodingsvedtak nr. 500 og 501 av 14. april 2020. Departementet vil orientere Stortinget om framdrifta på eigna måte seinare.

Forbrukarmeldinga – offentlege tenester i eit forbrukarperspektiv

Vedtak nr. 513, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med en omtale av offentlige tjenester i et forbrukerperspektiv.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital, jf. Innst. 171 S (2019–2020).

BFD har i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet utarbeidd ein omtale av offentlege tenester i eit forbrukarperspektiv. Omtalen er lagt til del III i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Vedtak nr. 514, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere utvidelse av gjeldsinformasjonsordningen til å omfatte flere typer gjeld, for eksempel boliggjeld og studiegjeld, i forbindelse med planlagt evaluering i 2021.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital, jf. Innst. 171 S (2019–2020).

Departementet har utarbeidd ei evaluering av moglegheitene for å utvide gjeldsinformasjonsordninga med andre former for gjeld, til dømes bustadgjeld, studiegjeld og gjeld sikra i køyretøy som kan registrerast. Departementet konkluderer med at dette vil forbetre ordninga, men at det er visse personvernulemper ved ei slik utviding. Omtalen av evalueringa er lagt til del III i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Vedtak 637, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»

Vedtaket blei gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren la fram for Stortinget 26. mai 2020.

Barnelovutvalet leverte utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov 4. desember 2020. Utgreiinga blei send på høyring med høyringsfrist 1. mai 2021. Departementet arbeider no med å følgje opp høyringa, og vil i dette arbeidet leggje vekt på prinsippa i barnekonvensjonen om retten barn har til informasjon, til å bli høyrde og til privatliv, og på at avgjerder skal vere til beste for barnet.

Departementet har lagt fram forslag til ny barnevernslov i Prop. 133 L (2020–2021). Lova blei vedteken av Stortinget 9. juni 2021. Ny barnevernslov inneheld fleire endringar som styrkjer barn sine rettar, og lova er i tråd med FN-konvensjonen om barnerettane. Lova inneheld mellom anna endringar som skal leggje betre til rette for medverknad for barnet og at barnet skal kunne forklare seg mest mogleg fritt både til barnevernstenesta og til fylkesnemnda. Det grunnleggjande omsynet for barnevernet skal vere barnet sitt beste, og dette er framheva i ei ny overordna føresegn i barnevernslova. Andre grunnleggjande rettar og prinsipp er òg tekne inn i lova, slik som barn sin rett til omsorg og vern og retten til familieliv.

Departementet reknar den delen av vedtaket som gjeld ny barnevernslov, som følgd opp.

Stortingssesjon (2017–2018)

Verknader av forenklinga i foreldrepengeperioden

Vedtak nr. 169, 11. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen i løpet av en toårsperiode fra ikrafttredelse, orientere Stortinget om negative virkninger av forenklingen i foreldrepengeordningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med Prop. 168 L (2016–2017) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen), jf. Innst. 58 L (2017–2018). Endringane la mellom anna til rette for meir automatisering i Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og ei justering av regelen om opptening til foreldrepengar. Reglane om eingongsstønaden blei óg forenkla.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har vurdert effekten av regelverksendringane. Deira vurdering er at endringane ikkje har ført til negative verknader for brukarane. Klagefrekvensen i Nav har halde seg stabil for desse sakene. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

God marknadsføringsskikk overfor barn

Vedtak nr. 853, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå endring av markedsføringsloven § 21, som regulerer god markedsføringsskikk overfor barn, for å hindre reklame rettet mot barn generelt, og motvirke kroppspress mot unge spesielt.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om kroppspress og reklameindustrien, jf. Dok. 8:187 S (2017–2018) og Innst. 344 S (2017–2018).

Regjeringa fremja våren 2021 Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame), med forslag om plikt til å merke reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering. Plikta gjeld reklame både i bilete og i levande framstillingar. Det blei òg føreslått å gjere tydeleg i lova at marknadsføring som medverkar til kroppspress, er i strid med kravet i lova om god marknadsføringsskikk overfor barn. Stortinget vedtok lovendringane 7. juni 2021, jf. Innst. 461 L (2020–2021) og Lovvedtak 146 (2020–2021). Lovendringane vil etter planen bli sette i kraft i 2022, etter at det ligg føre ei forskrift om korleis reklamen skal merkast, og om unntak frå merkeplikta. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon (2016–2017)

Evaluering av felles foreldreansvar

Vedtak nr. 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020. Evalueringa skal skje etter at lovendringa har verka i tre år, og vil derfor ikkje kunne gjennomførast før i 2023. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 606, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å kreve politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikke faller inn under særlovgivningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Departementet gav Bufdir i oppdrag å vurdere behovet for å krevje politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, og som det i dag ikkje finst heimel til å krevje politiattest for i spesiallovgivinga eller politiregisterforskrifta. Etter at departementet hadde fått utgreiinga frå direktoratet, blei det sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som skulle vurdere behovet for å krevje politiattest for nye grupper på tvers av sektorar. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i januar 2019, og rapporten blei send på høyring. Høyringsfristen var 31. oktober 2019. Departementet arbeider vidare med innspela frå høyringa og vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket. Arbeidet har blitt forseinka mellom anna på grunn av covid-19-pandemien. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga av oppmodingsvedtaket på eigna vis.

Ordning for å sertifisere alle offentleg tilsette som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 607, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede en sertifiseringsordning som alle offentlig ansatte som er i kontakt med barn, må gjennomføre. Ordningen skal sikre at alle har kompetanse om vold og overgrep, den bør være enkel og praktisk å gjennomføre, og det bør stilles krav om fornyelse f.eks. hvert andre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å greie ut forslaget om ei sertifiseringsordning for offentleg tilsette som er i kontakt med barn. Utgreiinga blei levert 1. februar 2021. Utgreiinga viser at det er store utfordringar med eit slikt tiltak, særleg når det gjeld å avgrense kven og kva slags kontakt med barn som skal omfattast av ei slik sertifiseringsordning. Det vil vidare vere krevjande å utvikle ei ordning som passar for mange ulike yrke. Utgreiinga syner at ei sertifiseringsordning vil vere svært ressurskrevjande å utvikle, implementere og drifte, samstundes som nytteverknadene er usikre. Kommunane vil som arbeidsgivar òg få eit stort ansvar for å sikre at tilsette er sertifiserte. Den samla vurderinga til departementet er at ei sertifiseringsordning i liten grad vil bidra til at ein når målet om auka kompetanse om vald i tenesteapparatet. Departementet vil på denne bakgrunnen ikkje gå vidare med å utvikle ei sertifiseringsordning, men prioritere arbeidet med å utvikle ein nasjonal tverrsektoriell kompetansestrategi mot vald og overgrep. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Evaluering av ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Vedtak nr. 786, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere ordningen med nasjonal gjeldsinformasjon og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette senest to år etter at valgte system er opprettet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 87 L (2016–2017) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven), jf. Innst. 356 L (2016–2017).

Ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon er evaluert i 2021. Hovudkonklusjonen frå evalueringa er at ordninga har verka etter intensjonen, men at det kan vere behov for å utvide ordninga med anna gjeld enn forbruksgjeld. Omtalen av evalueringa er lagt til Del III i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Sakshandsamingstida ved utanlandsadopsjon

Vedtak nr. 789, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at saksbehandlingen når det gjelder utenlandsadopsjon, ikke overskrider 30 dager.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017). Ny adopsjonslov tok til å gjelde 1. juli 2018.

Ut frå sakshandsaminga og omtalen i Innst. 359 L (2016–2017) har departementet forstått vedtaket slik at det gjeld tida frå Bufdir tek imot ei sak som skal handsamast i det faglege utvalet for adopsjonssaker, til det er avgjort om adopsjonsprosessen kan halde fram. Det faglege utvalet handsamar dei sakene som gjeld barn som har behov for spesiell støtte. Utvalet skal vurdere om søkjaren har «de nødvendige egenskapene for å adoptere barnet». Utvalet skal òg «legge avgjørende vekt på å sikre barnet en trygg oppvekst slik at adopsjonen blir til barnets beste». Det er viktig at kvar einaste sak blir vurdert godt nok, ettersom dette er dei mest krevjande adopsjonssakene. I 2020 var den gjennomsnittlege handsamingstida i utvalet 28 dagar. Av dei 24 sakene som blei handsama i 2020, hadde 9 saker lengre handsamingstid enn 30 dagar, og den lengste handsamingstida var 44 dagar. Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida er låg.

På bakgrunn av at den gjennomsnittlege handsamingstida i utvalet er 28 dagar, reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Oppfølging av adopterte og familiane deira

Vedtak nr. 790, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for oppfølging av adopterte og familiene i tråd med Haagkonvensjonen artikkel 9, der en modell som den danske kan vurderes som ett alternativ, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaket i samanheng med vedtak nr. 744 av 31. mai 2016.

Folkehelseinstituttet har kartlagt behovet for mellom anna oppfølging av adopterte og adoptivfamiliar. Kartlegginga blei levert til Bufdir i mai 2021. Bufdir gjennomgår no kartlegginga og vil tilrå korleis ein kan følgje opp vedtaket.

Departementet vil halde fram med å finansiere ei koordinatorstilling i ein av adopsjonsorganisasjonane. Hovudoppgåva til koordinatoren er å fungere som eit lågterskeltilbod for alle adopterte og familiar som har adoptert, og ha god oversikt over aktuelle instansar som finst, for å kunne gi god rettleiing til dei som tek kontakt. Koordinatoren skal òg rettleie adoptivfamiliar og adopterte mellom anna der adopterte søkjer hjelp til å finne den opphavelege familien sin. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10.

Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga av oppmodingsvedtaket på eigna vis.

Stortingssesjon (2015–2016)

Best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Vedtak nr. 744, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen se på tiltak som kan gjøres for hvordan adopterte barn kan få best mulig oppfølging for å sikre en god oppvekst.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 (2015–2016).

Departementet vil sjå vedtaket i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 790 av 7. juni 2017 og komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Vedtak nr. 745, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere om òg pålagte tiltak kan settes inn uten samtykke under svangerskap for å sørge for tidlig hjelp og forebygge omsorgssvikt for nyfødte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Bufdir har tidlegare gitt Høgskulen i Innlandet i oppdrag å greie ut om ansvaret og oppgåver barnevernet har knytte til det ufødde livet. Oppdraget omfatta òg å vurdere om det bør innførast eit høve eller ei plikt for helsepersonell til å melde frå til barnevernstenesta ved bekymring for ufødd liv, og om eit eventuelt høve eller ei plikt òg bør omfatte andre tenester enn helse- og omsorgstenestene. Utgreiinga var forseinka, men blei levert i mars 2021. Rapporten danna grunnlag for Bufdir sine tilrådingar til departementet, som blei leverte i september. Det er fleire årsaker til at saka har teke noko tid. Ho reiser fleire krevjande juridiske og etiske spørsmål. Før oppdraget blei gitt til direktoratet, blei det lyst ut på anbod utan at det kom inn nokon tilbod. I tillegg har utbrotet av covid-19 bidrege til at saka er blitt forseinka.

Departementet vil no vurdere tilrådingane frå Bufdir og komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket.

Lov om openheit om produksjonsstader og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukarar og organisasjonar

Vedtak nr. 890, 13. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag til lov om åpenhet om produksjonssteder og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukere og organisasjoner.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8:58 S (2015–2016) om eit representantforslag om lov om etikkinformasjon, jf. Innst. 384 S (2015–2016).

Det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet sette i juni 2018 ned eit ekspertutval (Etikkinformasjonsutvalet) som skulle greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Etikkinformasjonsutvalet konkluderte med at det er føremålstenleg å innføre ei informasjonsplikt, og kom i november 2019 med innstillinga si og eit forslag til ei openheitslov. Forslaget blei sendt på høyring i desember 2019. Regjeringa la i april 2021 fram Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven). Lova blei vedteken av Stortinget 14. juni 2021, jf. Innst. 603 L (2020–2021) og Lovvedtak 176 (2020–2021). Openheitslova trer etter planen i kraft 1. juli 2022. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon (2014–2015)

Nytt felles anbod for faste barnevernsplassar

Vedtak nr. 16, 13. november 2014

«Stortinget ber regjeringen, når nytt felles anbud på kjøp av faste barnevernsplasser blir utlyst, å legge til grunn at kontraktene gjøres langsiktige/løpende, med jevnlig kontraktsoppfølging og gjensidig oppsigelsesmulighet som ivaretar barnas behov for langsiktighet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8:85 (2013–2014) om eit representantforslag om ideelle organisasjonar og skjerma anbod, jf. Innst. 31 S (2014–2015).

I 2022 skal Bufdir inngå nye kontraktar om institusjonsplassar. Det er ikkje naudsynt med felles anbod, ettersom kjøp av institusjonsplassar ikkje er omfatta av anskaffingslova. Bufdir legg opp til å inngå langsiktige avtalar, som er moglege å seie opp, med ideelle aktørar. Avtalane skal gjelde for nærare fastsette målgrupper. Dette gjeld så langt det er mogleg og i tråd med behova til regionane.

Departementet viser òg til oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 762 (2107–2018) om å sikre langsiktige og løpande avtalar med ideelle aktørar som fører til at delen ideelle aukar til om lag 40 pst. innan 2025. Det følgjer av vedtaket at kontraktane skal gjerast langsiktige og løpande, jf. Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov med utgreiing av departementet sitt forslag til vidare oppfølging av vedtaket og Innst. 625 L (2020–2021). Departementet viser òg til at Samarbeidsavtale om leveranser av helse- og sosialtenester frå 2015 forankrar aktiv og jamleg kontraktsoppfølging, og at langsiktige relasjonar og stabilitet over tid er viktig, særleg for brukarane.

På denne bakgrunnen reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Til forsida