Forslag
Under Barne- og familiedepartementet blir i Prop. 1 S (2021–2022) statsbudsjettet for budsjettåret 2022 dei forslag til vedtak som følgjer, førde opp:
Kapitla 800–882, 2530, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858 og 3868
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | |
---|---|---|---|---|
800 | Barne- og familiedepartementet | |||
01 | Driftsutgifter | 155 215 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 10 137 000 | 165 352 000 | |
840 | Tiltak mot vald og overgrep | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62 | 22 761 000 | ||
61 | Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving | 107 645 000 | ||
70 | Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61 og kap. 858, post 01 | 129 412 000 | ||
73 | Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast | 35 856 000 | 295 674 000 | |
841 | Samliv og konfliktløysing | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving | 12 307 000 | ||
22 | Opplæring, forsking, utvikling m.m. | 9 454 000 | ||
23 | Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving | 5 463 000 | ||
70 | Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01, og kap. 858, post 01 | 29 163 000 | 56 387 000 | |
842 | Familievern | |||
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 387 046 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 28 611 000 | ||
70 | Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01 | 242 556 000 | 658 213 000 | |
843 | Adopsjonsstønad | |||
70 | Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving | 8 500 000 | 8 500 000 | |
844 | Kontantstøtte | |||
70 | Tilskot, overslagsløyving | 1 440 000 000 | 1 440 000 000 | |
845 | Barnetrygd | |||
70 | Tilskot, overslagsløyving | 18 169 991 000 | 18 169 991 000 | |
846 | Familie- og oppveksttiltak | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71 | 69 816 000 | ||
50 | Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21 | 12 780 000 | ||
61 | Tilskot til inkludering av barn og unge, kan nyttast under post 71 | 864 489 000 | ||
62 | Utvikling i kommunane | 60 771 000 | ||
70 | Barne- og ungdomsorganisasjonar | 170 565 000 | ||
71 | Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 | 71 079 000 | ||
79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast | 10 980 000 | 1 260 480 000 | |
847 | EUs ungdomsprogram | |||
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 15 974 000 | 15 974 000 | |
848 | Barneombodet | |||
01 | Driftsutgifter | 22 711 000 | 22 711 000 | |
853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | |||
01 | Driftsutgifter | 240 317 000 | 240 317 000 | |
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 67 120 000 | ||
22 | Barnesakkunnig kommisjon | 11 172 000 | ||
23 | Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72 | 31 074 000 | ||
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast | 8 070 000 | ||
50 | Forsking og utvikling | 18 960 000 | ||
61 | Utvikling i kommunane | 70 475 000 | ||
62 | Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23 | 27 397 000 | ||
71 | Utvikling og opplysingsarbeid m.m. | 39 204 000 | ||
72 | Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23 | 130 244 000 | 403 716 000 | |
855 | Statleg forvalting av barnevernet | |||
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60 | 4 011 833 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 25 938 000 | ||
22 | Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01 | 2 903 492 000 | ||
60 | Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01 | 119 047 000 | 7 060 310 000 | |
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | |||
01 | Driftsutgifter | 122 010 000 | 122 010 000 | |
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten | |||
01 | Driftsutgifter | 609 483 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 25 032 000 | 634 515 000 | |
860 | Forbrukarrådet | |||
50 | Basisløyving | 81 641 000 | ||
51 | Marknadsportalar | 27 512 000 | 109 153 000 | |
862 | Stiftinga Miljømerking i Noreg | |||
70 | Driftstilskot | 11 264 000 | 11 264 000 | |
865 | Forbrukarpolitiske tiltak | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 2 873 000 | ||
50 | Forsking og undervising, kan nyttast under post 21 | 6 202 000 | ||
70 | Tilskot, kan nyttast under post 21 | 1 683 000 | ||
79 | Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast | 6 897 000 | 17 655 000 | |
868 | Forbrukartilsynet | |||
01 | Driftsutgifter | 124 668 000 | 124 668 000 | |
880 | Den norske kyrkja | |||
70 | Rammetilskot til Den norske kyrkja | 2 323 839 000 | ||
71 | Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet | 110 777 000 | 2 434 616 000 | |
881 | Tilskot til trussamfunn m.m. | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 9 024 000 | ||
70 | Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving | 942 949 000 | ||
75 | Tilskot til private forsamlingslokale | 5 437 000 | ||
78 | Ymse faste tiltak | 15 776 000 | 973 186 000 | |
882 | Kyrkjebygg og gravplassar | |||
60 | Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast | 41 111 000 | ||
61 | Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast | 19 822 000 | ||
70 | Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar | 13 094 000 | 74 027 000 | |
2530 | Foreldrepengar | |||
70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving | 21 771 100 000 | ||
71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving | 785 000 000 | ||
72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving | 575 000 000 | ||
73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving | 30 000 000 | 23 161 100 000 | |
Sum Utgifter | 57 459 819 000 | |||
Sum departementets utgifter | 57 459 819 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | |
---|---|---|---|---|
3842 | Familievern | |||
01 | Diverse inntekter | 804 000 | 804 000 | |
3847 | EUs ungdomsprogram | |||
01 | Tilskot frå Europakommisjonen | 5 964 000 | 5 964 000 | |
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | |||
01 | Diverse inntekter | 3 293 000 | ||
02 | Barnetrygd | 3 959 000 | ||
60 | Kommunale eigendelar | 2 474 087 000 | 2 481 339 000 | |
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | |||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 118 426 000 | 118 426 000 | |
3858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten | |||
01 | Diverse inntekter | 528 000 | 528 000 | |
3868 | Forbrukartilsynet | |||
02 | Tilskot | 2 552 000 | 2 552 000 | |
Sum Inntekter | 2 609 613 000 | |||
Sum departementets inntekter | 2 609 613 000 |
Fullmakter til å overskride gitte løyvingar:
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2022 kan:
overskride løyvinga under | mot tilsvarande meirinntekt under |
---|---|
kap. 842, post 01 | kap. 3842, post 01 |
kap. 847, post 01 | kap. 3847, post 01 |
kap. 855, post 01 | kap. 3855, postane 01, 02 og 60 |
kap. 856, post 01 | kap. 3856, post 01 |
kap. 858, post 01 | kap. 3858, post 01 |
kap. 868, post 01 | kap. 3868, post 02 |
Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter er tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.
Andre fullmakter:
III
Satsar for barnetrygd
Stortinget samtykkjer i at Arbeids- og velferdsdirektoratet i medhald av lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd § 10 kan for 2022 betale ut barnetrygd til barn i alderen 0 år til og med månaden før fylte 6 år med 20 112 kroner per år.
Arbeids- og velferdsdirektoratet kan for 2022 betale ut barnetrygd til barn i alderen 6 år til og med månaden før fylte 18 år med 12 648 kroner per år.
Utvida stønad til einslege forsørgjarar utbetalast med 12 648 kroner per år.
Einslege forsørgjarar som fyller vilkåra for rett til utvida stønad etter barnetrygdlova og full overgangsstønad etter folketrygdlova, og som har barn i alderen 0–3 år, har rett til eit småbarnstillegg på 7 920 kroner per år. Dette tillegget gjeld per einslege forsørgjar, uavhengig av kor mange barn i alderen 0–3 år vedkommande faktisk forsørgjer.
IV
Satsar for kontantstøtte
Stortinget samtykkjer i at Arbeids- og velferdsdirektoratet for 2022 i medhald av lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre § 7 kan betale ut kontantstøtte med desse beløpa for barn i alderen 13–23 månader:
Avtalt opphaldstid i barnehage per veke | Kontantstøtte i prosent av full sats | Kontantstøtte per barn i alderen 13–23 månader |
---|---|---|
Ikkje bruk av barnehageplass | 100 | 7 500 |
Til og med 8 timar | 80 | 6 000 |
Frå 9 til og med 16 timar | 60 | 4 500 |
Frå 17 til og med 24 timar | 40 | 3 000 |
Frå 25 til og med 32 timar | 20 | 1 500 |
33 timar eller meir | 0 | 0 |
V
Sats for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon
Stortinget samtykkjer i at Arbeids- og velferdsdirektoratet for 2022 i medhald av lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 14-17 kan betale ut dette beløpet:
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon | 90 300 kroner per barn |