Del 3
Omtale av særlege tema
5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet
Innleiing
Regjeringa har høge ambisjonar for forsking og høgare utdanning. Regjeringa legg derfor fram ein ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning for perioden 2023–32 saman med forslaget til statsbudsjett for 2023. Planen inneheld regjeringas overordna mål og prioriteringar for den komande tiårsperioden. Planen er nærare omtalt lenger ned i dette kapittelet.
Det er viktig å utnytte samspelet mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrekt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgare utdanning, jf. Strategi for norsk deltagelse i Horisont Europa og det europeiske forskningsområdet (2021–2027), Erasmus+ og det europeiske utdanningsområdet (2021–2027), og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA(2021–2027).
FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen
Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2023
Eit førebels overslag frå Finansdepartementet viser at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i budsjettforslaget til regjeringa for 2023 er på om lag 43,6 mrd. kroner. Det utgjer 0,77 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2023. Dette er ein nominell auke på om lag 1,1 mrd. kroner frå saldert budsjett 2022, som er ein realnedgang på 1,1 pst. Overslaget er gjort med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2022 frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 46,7 mrd. kroner i 2023. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 0,82 pst. av overslaget for BNP i 2023. Tabellen nedanfor viser løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelt på departement. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Tala er svært usikre, og endelege tal for FoU-løyvingane vil bli lagde fram sommaren 2023.
Tabell 5.1 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Departement | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Nominell endring 2022–23 | Reell endring 2022–23 |
Arbeids- og integreringsdepartementet | 416 | 471 | 55 | 39 |
Barne- og familiedepartementet | 208 | 207 | –1 | –9 |
Finansdepartementet | 177 | 187 | 10 | 3 |
Forsvarsdepartementet | 1 250 | 1 288 | 38 | –10 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 5 729 | 6 030 | 301 | 85 |
Justis- og beredskapsdepartementet | 142 | 144 | 2 | –4 |
Klima- og miljødepartementet | 1 247 | 1 267 | 20 | –27 |
Kommunal- og distriktsdepartementet | 1 341 | 1 608 | 267 | 216 |
Kulturdepartementet | 321 | 342 | 21 | 9 |
Kunnskapsdepartementet | 22 744 | 23 485 | 741 | –119 |
Landbruks- og matdepartementet | 886 | 878 | –8 | –42 |
Nærings- og fiskeridepartementet | 4 319 | 4 241 | –78 | –242 |
Olje- og energidepartementet | 945 | 822 | –123 | –159 |
Samferdselsdepartementet | 354 | 356 | 2 | 11 |
Statsbankane | 684 | 553 | –131 | –157 |
Utanriksdepartementet | 1 668 | 1 682 | 14 | –49 |
Totalt | 42 430 | 43 559 | 1 129 | –476 |
Veksten i budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet skriv seg frå auka likviditetsbehov til forskingsbygg.
Nedgangen i løyvingane til Olje- og energidepartementet skriv seg frå kutt i løyvingane til Noregs forskingsråd.
Nedgangen i løyvingane til Nærings- og fiskeridepartementet skriv seg i hovudsak frå at løyvingane til den første treårige perioden av Grøn plattform gjennom Noregs forskingsråd blir konsekvensjustert ut.
Nedgangen i løyvingane til Statsbankane kjem av kutt i løyvingane til Innovasjon Noreg, samt at løyvingane til den første treårige perioden av Grøn plattform gjennom Innovasjon Noreg blir avslutta.
Utvikling i dei offentlege løyvingane til FoU i statsbudsjettet
I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at ho vil vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken og legge fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere to pst. av BNP innan 2030. Tabell 5.2 syner utviklinga frå 2008 til 2023. Anslaga for 2023 er usikre. FoU er berekna til 0,77 pst. av anslått BNP. Dette er på same nivå som siste anslag for 2022. Forklaringa på den store nedgangen i anslaga for 2022 frå framlegginga av stasbudsjettet for 2022 skriv seg frå ein auke i BNP-anslaga på grunn av høge prisar på olje og gass.
Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet i perioden 2008–23
År | Totalt, løpande prisar, mill. kroner | Vekst, mill. kroner | Prosentvis vekst, løpande prisar | Prosentvis vekst, faste prisar | Prosentdel av BNP | Prosentdel av BNP, inkl. Skattefunn |
---|---|---|---|---|---|---|
2008 | 19 357 | 1 266 | 7,0 | 2,3 | 0,74 | 0,78 |
2009 | 21 204 | 1 847 | 9,5 | 4,6 | 0,87 | 0,92 |
2010 | 22 976 | 1 772 | 8,4 | 4,4 | 0,89 | 0,93 |
2011 | 23 551 | 575 | 2,5 | –1,7 | 0,84 | 0,89 |
2012 | 24 489 | 938 | 4,0 | 0,2 | 0,83 | 0,87 |
2013 | 26 375 | 1 886 | 7,7 | 4,3 | 0,86 | 0,91 |
2014 | 28 311 | 1 936 | 7,3 | 4,7 | 0,90 | 0,97 |
2015 | 30 769 | 2 458 | 8,7 | 5,9 | 0,99 | 1,08 |
2016 | 32 979 | 2 210 | 7,2 | 4,9 | 1,06 | 1,18 |
2017 | 35 848 | 2 869 | 8,7 | 6,7 | 1,09 | 1,21 |
2018 | 36 612 | 764 | 2,1 | –1,3 | 1,04 | 1,15 |
2019 | 38 179 | 1 567 | 4,3 | 0,7 | 1,08 | 1,19 |
2020 | 39 194 | 1 015 | 2,7 | 0,1 | 1,15 | 1,25 |
2021 | 40 772 | 1 578 | 4,0 | 0,5 | 0,98 | 1,07 |
2022 | 42 430 | 1 658 | 4,1 | –0,1 | 0,76 | 0,82 |
2023 | 43 559 | 1 129 | 2,7 | –1,1 | 0,77 | 0,82 |
Figur 5.1 samanliknar tal frå FoU-statistikken og tal frå statsbudsjettanalysen. Sidan statsbudsjettanalysen tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han bli produsert tidlegare enn FoU-statistikken. FoU-løyvingane i 2022 har SSB talfesta til 42,4 mrd. kroner. Det er 0,76 pst. av prognosen for BNP for 2022. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, berekna til 3 mrd. kroner i 2022. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.1. Den heiltrekte linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP.
Dei samla FoU-investeringane i Noreg
Nivået på FoU-investeringar målt som prosentdel av BNP er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien. Regjeringa har som mål at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030. I 2016 utgjorde dei totale FoU-utgiftene for første gong over 2 pst. av BNP. FoU som del av BNP som eit mål må vurderast over tid og med utgangspunkt i ein normalsituasjon, ikkje i unntakssituasjonar som gir sterke positive eller negative utslag.
Dei samla FoU-investeringane i Noreg har hatt tilnærma kontinuerleg vekst gjennom dei siste 50 åra. Som del av BNP har FoU-utgiftene ligge relativt stabilt på rundt 1,5 pst. sidan 1990-åra. Det var ein god auke i prosentdelen i perioden 2014–17. FoU av BNP når sitt høgaste nivå i 2020 med 2,3 pst. Dette skriv seg frå ein nedgang i BNP-anslaga på grunn av pandemien. Det er venta at løyvingane som del av BNP vil gå ned i 2022 og 2023 på grunn av ei stor auke i BNP-anslaga framover. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2020 var på nær 78 mrd. kroner. Det inneber ein realnedgang på 1 pst. frå 2019. Nedgangen skriv seg frå ein nedgang på 4 pst. i universitets- og høgskulesektoren og nær 3 pst. nedgang i instituttsektoren, medan næringslivet auka sine FoU-utgifter med 2 pst.
FoU-statistikken er basert på oppgåver frå dei sektorane som faktisk utførte FoU i Noreg. Neste samla statistikkoppdatering kjem i oktober 2022.
Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd spelar ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Forskingsrådet har ei omfattande verksemd når det gjeld finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd. Her finn du òg omtale av den økonomiske situasjonen i Forskingsrådet.
Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, instituttildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for 2023-budsjettet samt løyvingane til Noregs forskingsråd i perioden 2019–22 for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet.
Tabell 5.3 Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kap. Post | Departement | Saldert budsjett 2019 | Saldert budsjett 2020 | Saldert budsjett 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
285.52–54 | Kunnskapsdepartementet | 4 085 531 | 4 010 368 | 4 399 757 | 4 332 991 | 4 458 277 |
285.55 | Kunnskapsdepartementet | 792 543 | 783 617 | 795 599 | 782 233 | 744 217 |
920.50/51 | Nærings- og fiskeridepartementet | 2 223 200 | 2 089 400 | 2 067 011 | 2 223 250 | 2 154 655 |
1830.50/51/ 1840.50 | Olje- og energidepartementet | 892 500 | 840 000 | 913 070 | 1 038 500 | 927 500 |
1137.50/51 | Landbruks- og matdepartementet | 429 914 | 429 576 | 424 803 | 411 336 | 394 746 |
1410.51 | Klima- og miljødepartementet | 293 105 | 334 753 | 379 503 | 385 690 | 393 720 |
780.50 | Helse- og omsorgsdepartementet | 338 212 | 252 167 | 130 419 | 370 562 | 381 211 |
Div. | Utenriksdepartementet | 286 150 | 213 298 | 83 898 | 255 250 | 251 300 |
500.50/ 541.50/ 553.74 | Kommunal- og distriktsdepartementet | 329 893 | 347 349 | 282 268 | 221 552 | 202 937 |
601.50 | Arbeids- og sosialdepartementet | 166 730 | 171 205 | 117 829 | 176 175 | 191 034 |
Totalt | 9 837 778 | 9 471 733 | 9 594 157 | 10 197 539 | 10 099 597 |
Samla sett er det ein reduksjon i løyvingane til Noregs forskingsrådet. Dette skriv seg frå kutt i løyvingane til Olje- og energidepartementet på til saman 137 mill. kroner, samt nokre mindre kutt i løyvingane til Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. I tillegg blir delar av midlane til Grøn plattform gjennom Forskingsrådet over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet fasa ut i 2023 budsjettet.
Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032
Regjeringa legg med Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 fram sine mål og prioriteringar for forsking og høgare utdanning for dei neste åra. Dette er ein revisjon av den gjeldande planen som blir gjord kvart fjerde år for å kunne ta omsyn til politiske og samfunnsmessige endringar. I tillegg til at denne langtidsplanen er utarbeidd av ei ny regjering, blir han lagd fram under andre omstende. Sidan dei to første langtidsplanane blei lagde fram i 2014 og 2018, har verda endra seg på grunnleggande måtar. I denne situasjonen meiner regjeringa at forsking og høgare utdanning er viktigare enn nokon gong for å løyse dei store utfordringane samfunnet står overfor. Samstundes må det takast omsyn til at det økonomiske handlingsrommet vert mindre.
Overordna mål
Den nye langtidsplanen inneheld tre overordna mål:
styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
forsking og høgare utdanning av høg kvalitet som er tilgjengeleg
Desse måla er formulerte på eit overordna nivå, og dei er meint å vere langsiktige. Målbildet inneber høg grad av kontinuitet frå dei tidlegare langtidsplanane, på same tid som det er gjort nokre justeringar. Målet om styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne er avgjerande for at Noreg skal klare dei omstillingane vi står overfor, og er vidareført uendra. Berekraftsmåla er flytta opp i målbildet, ettersom dei fangar opp og formulerer dei store samfunnsutfordringane på ein måte som òg knyter an til Noregs internasjonale arbeid. Målet om forsking og høgare utdanning av høg kvalitet som er tilgjengeleg omfattar framleis ein ambisjon om fleire framifrå fagmiljø, som var den førre målformuleringa, men signaliserer samstundes at regjeringa har ambisjonar om forbetringar i heile sektoren, ikkje berre i toppmiljøa.
Tematiske prioriteringar
Planen inneheld òg seks tematiske prioriteringar:
hav og kyst
helse
klima, miljø og energi
mogleggjerande og industrielle teknologiar
samfunnssikkerheit og beredskap
tillit og fellesskap
Desse tematiske prioriteringane er utvalde område der regjeringa meiner det er særleg viktig at Noreg satsar på forsking og høgare utdanning i åra som kjem. Også i prioriteringane er det ein god del som blir vidareført frå dei tidlegare planane, samstundes som det er nokre endringar. Samfunnssikkerheit og beredskap og helse er aktualiserte som særleg viktige område i vår tid, og dei er blitt eigne prioriteringar. Kyst er føydd til, slik at hav og kyst blir sett meir i samanheng. Tillit og fellesskap er ei ny prioritering som vidarefører fleire element frå tidlegare planar.
Kunnskapssystemet
For å følge opp måla og prioriteringane i planen på ein god måte, må kunnskapssystemet vere velfungerande. Langtidsplanen har derfor ein eigen del om kunnskapssystemet og tek for seg viktige tema som høgare utdanning og kompetansebehova i samfunnet, tillit til forsking og akademisk fridom, forskingssystemet og datainfrastruktur og bygg i universitets- og høgskulesektoren.
Målretta samfunnsoppdrag
Planen lanserer eit nytt verkemiddel i Noreg gjennom to målretta nasjonale samfunnsoppdrag:
berekraftig fôr
inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv
Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innanfor ein gitt tidsfrist gjennom tverrsektoriell og målretta innsats. Noreg deltek alt i EUs samfunnsoppdrag, og no lanserer regjeringa dei to nasjonale samfunnsoppdraga for å medverke til meir praktisk bruk av forskingsbasert kunnskap for å løyse konkrete samfunnsutfordringar. Samfunnsoppdraga tek utgangspunkt i område som har høg prioritet for regjeringa og der forskingsbasert kunnskap og kompetanse er nødvendig for å nå det konkrete målet.
6 Nøkkeltal for grunnopplæringa
Innleiing
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på elevar, lærlingar og lærarar og i ressursbruken i grunnopplæringa.
Kommunane og fylkeskommunane er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskulen og vidaregåande opplæring. Grunnskulen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskuleopplæring var 94,1 mrd. kroner i 2021. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring 40,4 mrd. kroner i 2021. Talet på elevar, lærlingar og lærarar er avgjerande for ressursbruken i skulen.
Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
Tabell 6.1 Talet på elevar i ordinære grunnskular, frå skuleåret 2014–15 til skuleåret 2021–22
Skuleår | Barnetrinnet (1.–7. trinn) | Ungdomstrinnet (8.–10. trinn) | Totalt |
---|---|---|---|
2014–15 | 430 864 | 188 132 | 618 996 |
2015–16 | 438 387 | 185 368 | 623 755 |
2016–17 | 444 638 | 184 637 | 629 275 |
2017–18 | 447 355 | 185 674 | 633 029 |
2018–19 | 448 655 | 187 695 | 636 350 |
2019–20 | 446 218 | 190 032 | 636 250 |
2020–21 | 443 967 | 191 530 | 635 497 |
2021–22 | 439 644 | 195 030 | 634 674 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Tabell 6.1 viser at talet på elevar i grunnskulen auka kvart år fram mot skuleåret 2018–19, men at det har vore ein nedgang i elevtalet frå 2018–19 til 2021–22. 97,9 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskulen våren 2021, var i vidaregåande opplæring same år. Av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2021, var det om lag like mange som begynte på eit yrkesfagleg program som på eit studieførebuande program.
Tabell 6.2 Fordeling på utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2014–15 til skuleåret 2021–22
Skuleår | Elevar på studieførebuande program | Elevar på yrkesfag | Lærlingar, elevar i fagopplæring i skule og lærekandidatar | I alt |
---|---|---|---|---|
2014–15 | 117 129 | 72 344 | 40 982 | 230 455 |
2015–16 | 118 013 | 72 026 | 42 021 | 232 060 |
2016–17 | 121 409 | 69 644 | 42 777 | 233 830 |
2017–18 | 123 095 | 66 562 | 44 637 | 234 294 |
2018–19 | 121 390 | 67 092 | 46 316 | 234 798 |
2019–20 | 119 141 | 67 854 | 48 281 | 235 276 |
2020–21 | 119 244 | 68 970 | 48 012 | 236 226 |
2021–22 | 117 990 | 68 195 | 49 9811 | 236 166 |
1 I 2021–22 var det 1 022 personar som hadde kontrakt om fagbrev på jobb. Statistikken har tal om fagbrev på jobb frå 2020. 725 personar hadde kontrakt i 2020–2021.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Det har vore ein jamn auke i talet på elevar, lærlingar og lærekandidatar totalt i vidaregåande opplæring i fleire år. Men frå 2020–21 til 2021–22 ser vi ein liten nedgang. Det er særleg ein nedgang i talet på elevar på studieførebuande program som forklarer den totale nedgangen.
Per 1. oktober 2021 var det registrert 46 705 lærlingar og 1 839 lærekandidatar. Det er om lag 1740 fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2020, medan det er om lag 80 fleire lærekandidatar. I 2021 er det også registrert over tusen som har kontrakt gjennom tilbodet fagbrev på jobb. Hausten 2021 søkte totalt 30 342 elevar om læreplass. Det er over 1 500 fleire enn året før. Det er flest søkarar til læreplassar i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag.
Lærarårsverk
Årsverk til undervisningspersonale blir rekna ut på bakgrunn av registrerte timar per skuleår. I 2021–22 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen 62 226, ein auke på i overkant av 500 årsverk frå året før.
Tabell 6.3 Berekna årsverk utførte av undervisningspersonale til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen, frå skuleåret 2014–15 til skuleåret 2021–22
Skuleår | Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk | Av dette andre oppgåver | Assistentårsverk |
---|---|---|---|
2014–15 | 57 331 | 6 518 | 8 167 |
2015–16 | 57 612 | 6 407 | 8 417 |
2016–17 | 58 421 | 6 480 | 8 868 |
2017–18 | 59 357 | 6 459 | 9 389 |
2018–19 | 60 372 | 6 430 | 9 849 |
2019–20 | 61 425 | 6 411 | 10 020 |
2020–21 | 61 705 | 6 240 | 10 658 |
2021–22 | 62 226 | 6 146 | 11 032 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2015–16 til skuleåret 2021–22
Skuleår | Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk |
---|---|
2015–16 | 23 091 |
2016–17 | 23 300 |
2017–18 | 23 188 |
2018–19 | 23 259 |
2019–20 | 23 491 |
2020–21 | 23 500 |
2021–22 | 23 870 |
Kjelde: Statistikkbanken (SSB)
Gruppestorleik
Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram når ein ser på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein det samla talet på ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timane lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik bør sjåast som ein indikasjon og ikkje som eit absolutt mål.
Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar. Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.
Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid, fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilde av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje får særskilde individretta styrkingstiltak.
Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik på 1.–10. trinn1, frå skuleåret 2014–15 til skuleåret 2021–22
Skuleår | Gruppestorleik 1 (1.–10. trinn) | Gruppestorleik 2 (1.–10. trinn) |
---|---|---|
2014–15 | 13,5 | 16,8 |
2015–16 | 13,5 | 16,8 |
2016–17 | 13,5 | 16,8 |
2017–18 | 13,3 | 16,6 |
2018–19 | 13,1 | 16,3 |
2019–20 | 12,9 | 15,8 |
2020–21 | 12,8 | 15,7 |
2021–22 | 12,6 | 15,5 |
1 Offentlege og private grunnskular unnateke spesialskular og utanlandsskular.
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Hausten 2018 blei det innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn i offentlege skular. Skuleåret 2018–19 skulle gruppestorleik 2 maksimalt vere 16 på 1.–4. trinn og 21 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 blei norma skjerpa, og gruppestorleik 2 skal maksimalt vere 15 på 1.–4. trinn og 20 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Det har vore ein monaleg auke i prosentdelen grunnskular som oppfyller kravet på 1.–4. trinn sidan norma vart innført. Hausten 2021 oppfylte 90 pst. av skulane lærarnorma. 97 pst. av skulane oppfylte norma på 5.–7. trinn, og 92 pst. av skulane oppfylte norma på 8.–10. trinn. Figur 6.1 viser utviklinga i gruppestorleik 2 fordelt på dei ulike hovudtrinna. I skuleåret 2021–22 gjekk gruppestorleiken litt ned på alle hovudtrinn samanlikna med året før. Gruppestorleiken var 13,5 på 1.–4. trinn, 16,2 på 5.–7. trinn og 17,6 på 8.–10. trinn. Det vil seie at lærarnorma i gjennomsnitt var oppfylt på alle hovudtrinn i skuleåret 2021–22.
For vidaregåande opplæring er det vanskeleg å lage eit godt mål på forholdstalet mellom lærarar og elevar. Det finst ikkje godt nok talgrunnlag for å skilje mellom lærarar og elevar på ulike studieretningar, og dette er ein faktor som har stor innverknad på gruppestorleiken i vidaregåande opplæring.
Skulestruktur
I skuleåret 2021–22 var det 2 761 grunnskular i Noreg. Dette er ein nedgang på 15 skular frå skuleåret 2020–21. Av dei 2 761 skulane var 270 godkjende private grunnskular. 4,6 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på ein privat grunnskule i skuleåret 2021–22.
Når det gjeld storleiken på grunnskulane i Noreg, varierer denne frå nokre få elevar til over 1 000 elevar på dei største skulane. Figuren nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skular. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skular og færre små skular.
6 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på skular med færre enn 100 elevar, 34 pst. gjekk på skular med mellom 100 og 299 elevar, og 60 pst. gjekk på skular med 300 eller fleire elevar i 2021. Sidan skuleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skular (over 300 elevar).
Tidlegare kartleggingar av skulenedleggingar har vist at den viktigaste årsaka til at skular blei lagde ned, var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei oppgitt som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.
Hausten 2021 var det 420 vidaregåande skular i landet. Av desse var 100 private. Det er ein liten auke frå året før. Den totale auken er på 5 skular.
Skuleresultat
Nasjonale prøvar hausten 2021
Nasjonale prøvar skal måle ferdigheitene til elevane i lesing og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skuleeigaren og skulen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltek på nasjonale prøvar. Nasjonale prøvar er inndelte i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. og 9. trinn.
Resultata frå dei nasjonale prøvane på 5. trinn viser at elevprestasjonane i engelsk har vorte noko betre dei siste to åra, medan det i snitt ikkje er nemneverdig endring i lesing eller rekning. Gutane presterer framleis litt betre enn jenter i rekning og engelsk, medan det er motsett i lesing. Prestasjonsskilnader mellom gutar og jenter i rekning har auka og er i 2021 den største sidan målinga starta i 2014. Samanlikna med i fjor presterer gutane noko betre i rekning og engelsk, medan jentene presterer noko svakare i rekning og engelsk.
På 8. trinn er det ingen vesentlege endringar samanlikna med tidlegare år. Det er framleis fleire gutar enn jenter som presterer på dei høgaste meistringsnivåa i rekning, og fleire jenter på dei lågaste nivåa. I lesing er det fleire jenter på dei høgaste meistringsnivåa og fleire gutar på dei lågaste nivåa. I engelsk er skilnaden på gutane og jentene små. Samla sett presterer gutane noko betre i rekning og engelsk samanlikna med i fjor, medan jentene presterer litt svakare i år i rekning. Sidan 2017 har det vorte litt færre elevar som presterer på dei to lågaste meistringsnivåa i engelsk.
Samanlikna med andre fylke har Oslo, på både barne- og ungdomstrinnet, ein større prosentdel elevar på dei høgaste meistringsnivåa og lågare del på dei lågaste nivåa. Det er ingen vesentlege endringar i prestasjonane til elevane på fylkesnivå.
Skulebidragsindikatorane
Kvar elev har med seg mange føresetnader som påverkar skuleresultata. Skulebidragsindikatorane set seg som mål å seie kor mykje skulen bidreg med i resultata til elevane.
For 1.–4. trinn blir det berre kontrollert for familiebakgrunn (utdanninga til foreldra, hushaldsinntekt og innvandringsbakgrunn), sidan det ikkje er faktiske elevresultat å kontrollere mot. På 5.–7. trinn blir det kontrollert for dei tidlegare resultata for elevane (resultat på nasjonale prøvar i 5. trinn) i tillegg til indikatorane for familiebakgrunn.
Indikatorane for 1.–4. trinn og 5.–7. trinn for dei samanslåtte årgangane 2020 og 2021 viser at ein stor del av resultatskilnader mellom skulane kan forklarast med skilnader i elevgrunnlaget. På 65 pst. av skulane presterer elevane i snitt som forventa gitt familiebakgrunnen deira. 19 pst. av elevane presterer dårlegare enn forventa. Halvparten av skulane i Oslo kommune har elevar som presterer betre enn forventa på 1.–4. trinn. Også svært få skular i Oslo og i Rogaland presterer lågare enn venta for 5.–7. trinn.
På kommunenivået har 29 pst. av kommunane eit bidrag som ligg under landsgjennomsnittet på 1.–4. trinn, medan berre 8 pst. ligg over snittet. Dette heng saman med at Oslo og andre store kommunar ligg over snittet og dermed påverkar landssnittet i høgare grad. På 5.–7. trinn ligg omtrent like mange skular over og under gjennomsnittet. Kommunane Oslo, Bærum, Sandnes, Drammen og Stavanger har bidrag som ligg signifikant over snittet på både 1.–4. og 5.–7. trinn.
Skulebidragsindikatorane er eit supplement til eksisterande informasjon om kvalitetsskilnader mellom fylke, kommunar og skular. Dei gir ein indikasjon på kor mykje den einskilde skulen bidreg med, men dei gir ikkje nødvendigvis heile bildet.
Karakterar og grunnskulepoeng
På grunn av covid-19-pandemien blei det, som i 2020 og 2021, ikkje gjennomført eksamen i grunnskulen i 2022. Grunnskulepoenga er derfor berre berekna på bakgrunn av standpunktkarakterar. Elevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2022, har i snitt 43,4 grunnskulepoeng. Det er ein liten auke samanlikna med førre skuleår. Samanlikna med 2019, som var det siste året eksamen blei gjennomført som normalt, er snittet no 1,4 poeng høgare. Elevane får normalt svakare karakterar til eksamen enn i standpunkt, så delar av auken kjem av at eksamen ikkje blei gjennomført. Samstundes er standpunktkarakterane i fleire av faga høgare enn tidlegare år. Skilnaden mellom jenter og gutar er litt mindre enn i fjor, ved at karaktersnittet til gutane har auka med 0,2 poeng til 41,3, medan snittet for jentene er uendra på 45,6. Jentene får i snitt høgare standpunktkarakterar enn gutane i alle fag, utanom kroppsøving. Skilnaden er størst i mat og helse og kunst og handverk, der jentene i snitt får 0,7 karakterpoeng meir enn gutane. I matematikk skil berre 0,2 karakterpoeng mellom gutar og jenter, medan gutane får 0,1 karakterpoeng meir i kroppsøving.
Avgangselevane på 10. trinn i skuleåret 2021–22 er det første kullet som har hatt alle faga etter dei nye læreplanane i fagfornyinga. Etter fagfornyinga blir det gitt berre éin karakter i engelsk. Snittet i det nye faget ligg på 4,3, som er mellom snitta i engelsk munnleg og skriftleg i skuleåret 2020–21.
Nokre elevar får ikkje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag. Dei får i staden merknader om fritak eller manglande vurderingsgrunnlag i det aktuelle faget. Nynorsk er det faget der flest elevar er fritekne frå å få ein standpunktkarakter. 18 pst. av avgangselevane hadde fritak, noko som er ein auke på 1,1 prosenteiningar frå førre skuleår.
Prosentdelen elevar som manglar grunnskulepoeng, har auka noko, og følger ein trend dei siste åra. Skuleåret 2021–22 mangla 6,9 pst. av elevane karakter i meir enn halvparten av faga, og dei fekk derfor ikkje berekna grunnskulepoeng. Førre skuleår gjaldt det om lag 6 pst. av elevane. Årsaka til at elevane ikkje får karakterar, er samansette. Det kan til dømes gjelde elevar som har spesielle utfordringar, elevar som har individuell opplæringsplan og derfor rett til fritak frå vurdering, elevar som manglar vurderingsgrunnlag på grunn av sjukdom eller anna fråvær, elevar som nyleg har kome til landet eller elevar som ikkje har delteke i ordinær undervisning i alle fag.
Bruk av undervisningspersonale utan godkjend utdanning
Kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen tilseier at ein må ha lærarutdanning eller anna godkjend utdanning for å bli fast tilsett. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 4,1 pst. av årsverka til undervisning ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i 2021–22. Desse kan vere mellombels tilsette eller tilsette under føresetnad av at utdanning den tilsette har begynt på, blir fullført. Figur 6.3 viser utviklinga i prosentdelen av berekna årsverk til undervisning i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Talet har vore i overkant av 4 pst. dei siste åra, noko som kan kome av meir vikarbruk som følge av den statlege satsinga på vidareutdanning av lærarar og innføringa av lærarnorma. Det var ein nedgang frå normalen i skuleåret 2020–21 som kan ha samanheng med koronapandemien og lite behov for vikarbruk.
I 2021 hadde 5,1 pst. av lærarane i vidaregåande opplæring ei vidaregåande utdanning eller lågare, medan 5,0 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på lågare nivå, men utan pedagogisk utdanning. 4,3 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på høgare nivå, men ikkje pedagogisk utdanning.
Lærarar som underviser i norsk, matematikk, norsk teiknspråk og samisk på 1.–7. trinn, skal ha minst 30 studiepoeng i faget. På 8.–10. trinn skal lærarar som underviser i norsk, matematikk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk, ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget. Lærarar utdanna før 2014 har dispensasjon frå dette kravet fram til 2025. Departementet har hatt på høyring eit forslag om unntak frå kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag som del av ny opplæringslov. Unntaket er foreslått å gjelde ved undervisning gitt av lærarar som oppfylte tilsetjingskrava før 1. januar 2014, og av lærarar som har fullført allmenn lærarutdanning, uavhengig av når denne utdanninga blei fullført. I norsk, matematikk og engelsk har det vore ein nedgang frå førre skuleår i prosentdelen av lærarar som ikkje oppfyller krava.
Tilsette med innvandrarbakgrunn
Prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt høgare for fylkeskommunale vidaregåande skular enn for dei kommunale grunnskulane. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Det har vore ein svak auke i prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei siste tre åra, både i kommunale grunnskular og i fylkeskommunale vidaregåande skular.
Av 22 900 studentar som utdanna seg til å bli lærar i skulen i 2021, hadde berre 9 pst. innvandrarbakgrunn. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn som går på slike utdanningar, har likevel auka litt dei siste tre åra. Dette gjeld i hovudsak norskfødde med innvandrarforeldre.
Framtidig behov for lærarar
Framskrivingar som er gjorde av SSB i 2021 gjennom modellen Lærermod, viser forventa behov for lærarar i perioden 2020–40. Modellen har tidlegare skissert ein arbeidsmarknad for lærarar med store ubalansar i framtida. I den siste framskrivinga frå SSB er denne trenden noko endra.
Framskrivinga frå SSB viser at det fram til 2025 på nasjonalt nivå vil vere færre grunnskulelærarar i arbeidsmarknaden enn det er behov for. Deretter snur dette til ein auke dei neste åra fram mot 2040. Dersom framskrivinga viser seg å stemme, gir det gode føresetnader for å sørge for at alle som jobbar som lærarar i skulen, er kvalifiserte og har rett kompetanse. Auken kjem i hovudsak av ein nedgang i befolkningsframskrivingane for barn i aldersgruppa 6–15 år. På same tid har det dei siste åra også blitt fleire grunnskulelærarstudentar og fleire studentar som fullfører utdanninga samanlikna med førre framskriving.
Framskrivinga viser også ein stor auke av dei andre lærartypane i heile framskrivingsperioden. Dette gjeld barnehagelærarar, lektorar og faglærarar, lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning innanfor allmennfag (PPU) og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning innanfor yrkesfag (PPU-Y).
Etter dagens regelverk kan faglærarar og lærarar med PPU berre arbeide i grunnskulen frå og med 5. trinn. For grunnskulen over 5. trinn kan dermed underskotet på grunnskulelærarar sannsynlegvis dekkast inn av overskotet på faglærarar og PPU-lærarar. Framskrivingane er ikkje ein fasit på kva som vil skje i framtida, men viser korleis framtida bli dersom dagens trendar blir uendra. Det er derfor stor uvisse knytt til modellen.
Kommunal ressursbruk
Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skulelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen var 135 421 kroner i 2021, som er ein nominell auke på 8 pst. frå 2020. Den kommunale pris- og lønnsauken (deflatoren) var i 2021 på 4,3 pst., som vil seie at det i snitt har vore ein realauke i utgifter per elev i grunnskulen. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 150 011 kroner og på yrkesfaglege program 183 689 kroner. Dette er ein nominell auke på høvesvis 6 og 6,5 pst. frå 2020 til 2021. Året før så bildet annleis ut, frå 2019 til 2020 var det ein nedgang i dei korrigerte brutto driftsutgiftene. Denne nedgangen kan sjåast i samanheng med endringar i reglar for offentleg tenestepensjon og nye samordningsreglar for folketrygda. Endringane har ført til ein reduksjon i pensjonskostnadene til fylkeskommunane. Utgifter til lønn og sosiale utgifter utgjer ein svært stor del av dei totale kostnadene til vidaregåande opplæring. Nedgangen i utgiftene frå 2019 til 2020 er også eit resultat av ein reduksjon i pengar brukt på varer og tenester som inngår i tenesteproduksjonen.
I kommunesektoren var brutto driftsutgifter til grunnskule 18,1 pst. av totale brutto driftsutgifter i 2021. Prosentdelen av utgifter til grunnskule har gått noko ned dei siste ti åra. Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det er store kommunale skilnader i ressursbruk i skulen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skular for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. Mykje av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skule, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg innverknad på utgiftsnivået. Kommunar med store inntekter bruker meir pengar på skule. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna kome av variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg kome av ulik politisk prioritering mellom kommunar.
Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal frå OECD (Education at a Glance 2021: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, har Noreg blant dei høgaste utgiftene til grunnskulen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa.
Spesialundervisning
Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Prosentdelen elevar med spesialundervisning i grunnskular og spesialskular har dei siste ti åra stabilisert seg på om lag 8 pst. I skuleåret 2021–22 låg delen som fekk spesialundervisning, på 7,8 pst. av alle elevar i grunnskulen, ein knapp auke frå førre år. 67 pst. av alle elevar som får spesialundervisning, er gutar.
I løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet aukar prosentdelen av elevar med spesialundervisning, som figuren under viser. I skuleåret 2021–22 hadde 3,5 pst. av elevane på 1. trinn einskildvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var prosentdelen av elevar med spesialundervisning 10,5 pst. 47 360 elevar fekk vedtak om spesialundervisning med undervisningspersonale.
Elevar med innvandrarbakgrunn
Særskild norskopplæring
I opplæringslova § 2-8 (for grunnskulen) og § 3-12 (for vidaregåande opplæring) heiter det at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett på særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skulen. I skuleåret 2021–22 fekk 39 725 elevar i grunnskulen særskild norskopplæring, noko som er 83 færre enn året før. Dette utgjer 6,3 pst. av elevane. 4 329 elevar på 1. trinn fekk særskild norskopplæring i 2021, noko som utgjer 7,2 pst. av alle førsteklassingane. Om nødvendig har elevane òg rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. I skuleåret 2021–22 var det 1 989 elevar som berre fekk morsmålsopplæring, 6 655 elevar som berre fekk tospråkleg fagopplæring, og 731 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka, noko som også var tilfellet førre år.
Resultat i grunnskulen
Det er små skilnader mellom grunnskulepoenga til norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Berre 2 poeng skilde desse i 2021. Avstanden mellom innvandrarar (dei som sjølve har innvandra) og andre elevar er noko større. 4,7 poeng skilde desse i 2021. Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar. Mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 13 pst. av innvandrarelevane fekk ikkje berekna grunnskulepoeng i 2021.
Det er særleg dei med 0–2 års butid, 39 pst., som ikkje har fått berekna grunnskulepoeng. Til samanlikning har 17 pst. av dei med 3–4 års butid og 6 pst. av dei med 5–6 års butid ikkje fått berekna grunnskulepoeng.
Butida har stor innverknad på kor mange grunnskulepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 7–8 års butid at talet på grunnskulepoeng nærmar seg talet på grunnskulepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.
Jenter får i gjennomsnitt 4,4 grunnskulepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn.
Det er ein større del av innvandrarane som er fritekne frå nasjonale prøvar, enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. På 8. trinn er 11 pst. av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøvar i lesing. I engelsk og rekning er 9 pst. fritekne. Det er små skilnader mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i delen som er fritekne. 3 pst. av både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er fritekne i kvart einskild av faga engelsk, lesing og rekning.
Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst skilnader i lesing og minst skilnader i engelsk. Tala må tolkast i lys av at delen som er fritekne, er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.
I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse skilnadene gjer seg gjeldande både mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og mellom andre gutar og jenter. Det er små skilnader mellom gutar og jenter i engelsk.
Butida har mykje å seie for meistringsnivået til elevane. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing.
Gjennomføring av vidaregåande opplæring
Dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre fullfører og består vidaregåande opplæring i løpet av fem/seks år i om lag same grad som andre jenter. For gutar er det framleis ein betydeleg skilnad.
64 pst. av innvandrarane som begynte i vidaregåande opplæring i skuleåret 2015–16 (2015-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem/seks år. Delen har auka i dei siste åra, men er framleis betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten.
Læreplassar og kontraktar
Av om lag 20 800 søkarar (med ungdomsrett) med læreplass som førsteønske i skuleåret 2021–22, hadde 80,2 pst. fått ein godkjend lærekontrakt per 31. desember 2021.
I 2021 er 12 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette 6 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 5 pst. av andre i same aldersgruppe.
Vaksne i grunnopplæringa
Vaksne som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønsker det, jf. opplæringslova § 4A-1. Talet på vaksne som får opplæring på grunnskulenivå, er gått ned. I skuleåret 2021–22 var det om lag 11 800 vaksne som fekk grunnskuleopplæring. Av dei som fekk slik opplæring, var det om lag 8 700 som fekk det som ordinær grunnskuleopplæring. Så er det i underkant av 2 900 som fekk opplæringa som spesialundervisning. I tillegg er det ei lita gruppe som både mottek ordinær opplæring og opplæring som spesialundervisning.
Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den einskilde. Vaksne som ønsker å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søke om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkarane med ungdomsrett, eller dei kan søke om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søke vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skulane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.
I 2020–21 deltok om lag 16 300 vaksne i opplæring på vidaregåande skular eller vaksenopplæringssenter. Det er ein liten nedgang frå året før.
Skulefritidsordninga
Kommunar må ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. trinn og for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn. I skuleåret 2021–22 gjekk 152 955 barn i skulefritidsordninga (SFO), noko som er ein auke på i overkant av 5 000 frå førre år. 2 275 av elevane i SFO var elevar på 5.–7. trinn. Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på 61 pst., ein auke frå 55 pst. i 2002. Tabell 6.6 viser at deltaking i SFO varierer mykje mellom dei ulike klassetrinna og er høgast blant dei yngste barna.
Det er ingen krav til kompetanse for tilsette i SFO i dag. Tal frå GSI viser at 8 pst. av dei tilsette i SFO i skuleåret 2021–22 hadde godkjent lærar- eller barnehagelærarutdanning. 43 pst. hadde fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og 49 pst. hadde annan bakgrunn.
Kommunen kan krevje kostnadene til SFO dekte gjennom foreldrebetaling. Dette bidreg til at det er stor variasjon i foreldrebetaling i SFO mellom kommunar. Frå hausten 2022 fekk alle elevar på 1. trinn tilbod om 12 timar gratis SFO per veke. Hausten 2020 vart det innført ei nasjonal ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for barn frå låginntektsfamiliar på 1.–2. trinn og gratis SFO for barn med behov for særskild tilrettelegging på 5.–7. trinn. Hausten 2021 vart den nasjonale ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO utvida til å gjelde 3.–4. trinn òg. Kommunar kan i tillegg velje å tilby ytterlegare inntektsgraderte satsar, friplassar og søskenmoderasjon i SFO.
Tabell 6.6 Deltaking i skulefritidsordninga (SFO)
Skuleår | 2015–16 | 2016–17 | 2017–18 | 2018–19 | 2019–20 | 2020–21 | 2021–22 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Talet på barn i SFO | 159 633 | 160 994 | 160 571 | 158 318 | 156 597 | 147 749 | 152 955 |
Prosentdel av barna i SFO med fulltidsplass | 57 | 56 | 57 | 56 | 57 | 58 | 58 |
Dekningsgrad 1.–4. trinn (pst.) | 62 | 62 | 62 | 61 | 62 | 59 | 61 |
Dekningsgrad 1. trinn (pst.) | 80 | 81 | 82 | 82 | 82 | 82 | 83 |
Dekningsgrad 2. trinn (pst.) | 75 | 74 | 76 | 76 | 76 | 73 | 77 |
Dekningsgrad 3. trinn (pst.) | 60 | 59 | 58 | 59 | 59 | 54 | 58 |
Dekningsgrad 4. trinn (pst.) | 33 | 32 | 31 | 30 | 31 | 28 | 30 |
Prosentdel av SFO-ar som tilbyr søskenmoderasjon | 66 | 65 | 66 | 67 | 68 | 69 | 72 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
Leksehjelp
Alle elevar i grunnskulen har rett til åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skuletid. Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle og vere frivillig for kvar einskild elev. I skuleåret 2021–22 deltok 102 453 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer i overkant av 16 pst. av elevane, noko som er ein knapp auke frå året før. Talet er framleis lågt samanlikna med åra før covid-19-pandemien. Det er flest elevar på 4.–7. trinn som nyttar seg av leksehjelp etter skuletid.
7 Nøkkeltal for barnehagesektoren
Innleiing
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på barn og tilsette og om ressursbruken i barnehagesektoren.
Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2021 var 58,5 mrd. kroner og utgjorde 11,2 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Talgrunnlaget i kapittelet er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering), Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.
Barn i barnehage
Tabell 7.1 Barn i barnehage, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2016–21
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Barn i barnehage | 282 649 | 281 622 | 278 578 | 275 804 | 272 264 | 268 465 |
Dekningsgrad 1–5 år (pst.) | 91,1 | 91,3 | 91,8 | 92,2 | 92,8 | 93,4 |
Dekningsgrad 0 år (pst.) | 4,0 | 3,9 | 4,0 | 4,2 | 4,3 | 4,6 |
Dekningsgrad 1 år (pst.) | 71,7 | 72,1 | 73,2 | 74,8 | 76,6 | 79,1 |
Dekningsgrad 2 år (pst.) | 92,3 | 92,9 | 93,2 | 93,6 | 94,1 | 94,7 |
Dekningsgrad 3 år (pst.) | 95,9 | 96,1 | 96,4 | 96,5 | 96,7 | 96,8 |
Dekningsgrad 4 år (pst.) | 97,2 | 97,3 | 97,3 | 97,1 | 97,6 | 97,5 |
Dekningsgrad 5 år (pst.) | 97,5 | 97,6 | 97,6 | 97,5 | 97,7 | 97,8 |
Gjennomsnittleg avtala opphaldstimar per veke | 44,3 | 44,4 | 44,5 | 44,6 | 44,6 | 44,7 |
Prosentdel av barn med heiltidsplass | 94,9 | 95,5 | 96,1 | 96,6 | 96,9 | 97,3 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet
Ved utgangen av 2021 gjekk 268 465 barn i ein ordinær barnehage eller ein familiebarnehage. Dette inkluderer òg nullåringar og seksåringar, altså barn som av ulike årsaker har fått barnehageplass før eittårsalder, og barn som har fått utsett skulestart til det året dei fyller sju år. I tillegg hadde 105 opne barnehagar kapasitet til å ta imot 3 071 barn i 2021. Departementet har ikkje statistikk for deltakinga i opne barnehagar.
Når det gjeld talet på barnehagebarn i alderen 1–5 år, har det vore ein nedgang frå 2020. Dette er ein vedvarande trend over dei siste åra som kjem av ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. Barn under 3 år utgjorde 36 pst. av alle barn i barnehage.
I 2021 hadde 97,3 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 69,6 pst. i 2005, det vil seie avtala opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtala opphaldstid for barn i barnehage har i same periode auka frå 39 til 44,6 timar per veke. Dekningsgraden i 2021 for barn i alderen 1–5 år var 93,4 pst., mot 76,2 pst. i 2005. Dekningsgraden har vore stabil for dei eldre barna dei siste åra og auka for dei yngste barna.
Tabell 7.2 Barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2017–21
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|
Offentlege | 141 751 | 139 910 | 138 822 | 136 987 | 135 074 |
– kommunale | 140 999 | 139 154 | 138 122 | 136 280 | 134 360 |
– fylkeskommunale/statlege | 752 | 756 | 700 | 707 | 714 |
Private | 139 871 | 138 668 | 136 982 | 135 277 | 133 391 |
– kyrkjelyd/trussamfunn | 7 072 | 6 847 | 6 724 | 6 407 | 6 118 |
– foreldreeigde | 30 867 | 30 286 | 29 857 | 29 756 | 29 206 |
– kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining | 926 | 904 | 695 | 798 | 776 |
– bedrift | 3 586 | 3 305 | 3 011 | 2 754 | 2 639 |
– pedagogisk/ideologisk org. | 4 531 | 4 337 | 4 368 | 4 461 | 4 332 |
– einskildpersonar | 10 489 | 9 027 | 8 643 | 8 007 | 7 217 |
– konsern/aksjeselskap | 70 809 | 72 249 | 71 815 | 71 581 | 71 696 |
– stiftelse | 8 826 | 8 984 | 9 167 | 8 928 | 8 959 |
– studentsamskipnad | 2 765 | 2 729 | 2 702 | 2 585 | 2 448 |
I alt | 281 622 | 278 578 | 275 804 | 272 264 | 268 465 |
Barn som går i opne barnehagar, er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte i tabellen. I 2021 gjekk 132 barn i offentlege familiebarnehagar, og 3 034 barn gjekk i private familiebarnehagar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Tabell 7.3 Opne barnehagar, offentlege og private, 2014–21
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale | 43 | 41 | 41 | 40 | 43 | 43 | 36 | 30 |
Private | 78 | 76 | 73 | 73 | 74 | 73 | 74 | 75 |
Totalt | 121 | 117 | 114 | 113 | 117 | 116 | 110 | 105 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
Talet på barn i barnehagar har gått ned sidan 2014. Hovudtyngda av reduksjonen i barnehageplassar har vore i offentlege barnehagar. I 2021 var det ein nedgang på 1 913 barn med plassar i offentlege barnehagar frå året før og ein nedgang på 1 886 plassar i private barnehagar. I 2021 hadde om lag halvparten av barna plass i ein offentleg barnehage og halvparten i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2021 var det 5 525 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 612 kommunale, 12 fylkeskommunale eller statlege og 2 901 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2020 til 2021 har det vore ein reduksjon på 63 private og 32 kommunale barnehagar.
Tabell 7.4 Prosentdel barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2019–21
2019 | 2020 | 2021 | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Minoritetsspråklege | Andre | Minoritetsspråklege | Andre | Minoritetsspråklege | Andre | |
1-åringar | 53,3 | 81,3 | 54,4 | 83,2 | 58,2 | 85,2 |
2-åringar | 84,0 | 96,7 | 85,2 | 97,0 | 87,4 | 97,3 |
3-åringar | 92,8 | 98,1 | 93,3 | 98,2 | 94,0 | 98,2 |
4-åringar | 93,6 | 98,5 | 95,7 | 98,6 | 94,9 | 98,7 |
5-åringar | 94,8 | 98,7 | 95,1 | 98,8 | 96,2 | 98,9 |
1–2-åringar | 69,0 | 89,1 | 70,2 | 90,1 | 73,4 | 91,3 |
3–5-åringar | 93,7 | 98,4 | 94,7 | 98,5 | 95,1 | 98,6 |
1–5-åringar | 83,9 | 94,4 | 85,3 | 94,7 | 86,9 | 95,2 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Minoritetsspråklege barn er definerte ved at både barnet og dei føresette til barnet har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. 86,9 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2021. Prosentdelen av barn som går i barnehage, aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er skilnaden mellom ulike aldersgrupper større enn for andre barn. For 3-, 4- og 5-åringar er prosentdelen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nesten like høg som for andre barn, medan for 1–2-åringar er denne delen mykje lågare enn for andre barn, særleg for eittåringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage og har dermed i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, men det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart. For statistikk om samiske barnehagar og barnehagedeltaking, sjå del III kap. 11.
Talet på barn i små barnehagar, definerte som 25 barn eller færre, har gått ned med 30 pst. over dei siste 10 åra, medan talet på barn i barnehagar med 51–75 barn har gått ned med 6 pst. i same tidsrom. Talet på barn i barnehagar med 26–50 barn har hatt ein nedgang på 9 pst., medan dette talet for barnehagar med 76 eller fleire barn har gått opp med 5 pst. i perioden.
Personalet i barnehagen
Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2017–21
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på tilsette | 94 540 | 95 819 | 96 744 | 95 909 | 95 201 |
Talet på årsverk | 75 534 | 77 101 | 78 055 | 77 700 | 77 447 |
Årsverk i grunnbemanninga | 62 706 | 64 135 | 64 844 | 64 392 | 63 926 |
Styrarar (årsverk) | 4 822 | 4 783 | 4 786 | 4 739 | 4 705 |
Årsverk i grunnbemanninga med barnehagelærarutdanning eller pedagogisk utdanning som tilsvarer utdanningskravet til pedagogisk leiar | 24 683 | 26 266 | 27 294 | 27 605 | 27 694 |
– i pst. av grunnbemanninga | 39,4 | 41,0 | 42,1 | 42,9 | 43,4 |
Årsverk i grunnbemanninga med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar | 12 496 | 12 897 | 13 561 | 13 873 | 14 171 |
– i pst. av grunnbemanninga | 19,9 | 20,1 | 20,9 | 21,5 | 22,2 |
Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes) | 1 398 (404) | 1 347 (399) | 1 200 (358) | 1 035 (317) | 927 (286) |
– prosentdel som har barnehagelærarutdanning | 23,5 | 22,8 | 21,3 | 19,6 | 22,3 |
Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes) | 7 415 (4 358) | 7 698 (4 565) | 8 315 (4 945) | 8 487 (5 118) | 8 922 (5 443) |
– prosentdel som har barnehagelærarutdanning | 29,7 | 29,3 | 28,5 | 26,8 | 27,2 |
Grunnbemanninga er dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Det er stillingskategoriane pedagogisk leiar og anna grunnbemanning som utgjer grunnbemanninga.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2021 var det 95 200 tilsette som utførte 77 450 årsverk i barnehagane. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette som jobbar deltid.
Det var 63 926 årsverk i grunnbemanninga i barnehagen i 2021, altså dei som jobbar direkte med barna. Over 43 pst. av årsverka i grunnbemanninga har barnehagelærarutdanning, medan 22 pst. av årsverka i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Prosentdelane for begge kategoriane har gått noko opp dei siste fem åra.
Bemanningsnorma for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018. Norma inneber at barnehagen skal ha minst éin tilsett per tre barn under 3 år og éin tilsett per seks barn over 3 år. Frå same tidspunkt blei også pedagognorma i barnehagen skjerpa, slik at barnehagen skal ha minst éin pedagogisk leiar per sju barn under 3 år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.
Per desember 2021 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 5,7 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Ein vaksen er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar. Det har vore ein sterk reduksjon i talet på barn per vaksen sidan bemanningsnorma blei innført. 99 pst. av barnehagane oppfylte bemanningsnorma i 2021, noko som er på same nivå som i fjor.
71 pst. av barnehagane oppfylte den skjerpa pedagognorma utan bruk av dispensasjon per desember 2021, opp frå 69 pst. i 2020 og 53 pst. i 2018. Prosentdelen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet auka etter skjerpinga av pedagognorma, men har deretter gått ned kvart år og ligg på 5,9 for 2021. Totalt manglar det 2 216 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon, ein nedgang på 300 årsverk frå 2020.
Tabell 7.6 Bemanningstettleik og pedagogtettleik, 2018–21
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|
Talet på barn per årsverk i grunnbemanninga, korrigerte for alder og opphaldstid (bemanningstettleik) | 5,8 | 5,7 | 5,7 | 5,7 |
Prosentdel av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma (bemanningstettleik på 6,0 eller lågare) | 75 | 94 | 99 | 99 |
Prosentdel av barnehagar som oppfyller den skjerpa pedagognorma utan dispensasjon1 | 53 | 64 | 69 | 71 |
Prosentdel av pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet | 10,2 | 8,7 | 6,8 | 5,9 |
1 Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde 1. august 2018.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
Det har tidlegare vore stor skilnad på barnehagane i dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik) og den formelle kompetansen til personalet. Det har dei seinare åra vore ein sterk reduksjon i ulikskapen mellom barnehagar når det gjeld barn per årsverk i grunnbemanninga og barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning. Dette må sjåast i samanheng med innføring av bemanningsnorma og skjerpa pedagognorm i 2018.
Det skil éin prosenteining i prosentdelen barnehagelærarar og tilsvarande mellom kommunale og private barnehagar, medan prosentdelen barne- og ungdomsarbeidarar nesten er dobbelt så høgt for dei kommunale. Private barnehagar har 10 prosenteiningar høgare prosentdel med annan bakgrunn i grunnbemanninga enn kommunale barnehagar.
Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagen i 2021 var 10,1 pst. menn, totalt om lag 7 100 personar. Grunnbemanninga omfattar dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Frå 2016 til 2021 har det vore ein auke på om lag éin prosenteining i prosentdelen menn i grunnbemanninga.
Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2016–21
(i pst.) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
Prosentdel menn av tilsette i grunnbemanninga | 9,0 | 9,2 | 9,5 | 9,8 | 9,9 | 10,1 |
Prosentdel mannlege pedagogiske leiarar | 8,0 | 8,5 | 8,9 | 9,3 | 9,8 | 10,1 |
Prosentdel menn av tilsette i anna grunnbemanning1 | 9,6 | 9,7 | 9,9 | 10,1 | 10,0 | 10,1 |
1 Tidlegare år har anna grunnbemanning blitt omtala som assistentar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)
I 2021 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 3 010 studentar, ein nedgang frå 3 144 i 2020. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar gjekk ned med 59 i same tidsrom. Prosentdelen menn i opptaket har gått noko ned sidan 2017, medan prosentdelen uteksaminerte menn har auka over dei siste åra og ligg på 16,7 pst. i 2021.
Tabell 7.8 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskular og universitet, 2016–21
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Opptak til barnehagelærarutdanning | 3 106 | 3 000 | 2 959 | 3 094 | 3 144 | 3 011 |
– prosentdel menn | 18,9 | 20,0 | 19,6 | 18,7 | 18,6 | 19,0 |
Uteksaminerte barnehagelærarar | 1 909 | 1 966 | 2 030 | 2 249 | 2 190 | 2 272 |
– prosentdel menn | 14,2 | 14,0 | 15,4 | 15,7 | 15,1 | 16,7 |
Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)
Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2021 om lag 17 pst. av personalet som arbeider direkte med barna i barnehagane, og dei aller fleste av desse har sjølv innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde berre éin pst. av dei tilsette. Dei siste tre åra har prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn auka noko, frå 16 pst. i 2019 til 17 pst. i 2021.
Prosentdelen studentar med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga har auka dei siste tre åra. Av 8 500 studentar i 2021 utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 20 pst., høvesvis 15 pst. som sjølve har innvandra, og 5 pst. norskfødde med innvandrarforeldre. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga er noko større blant mannlege studentar.
Foreldrebetaling og moderasjonsordningar i barnehagen
I tråd med Hurdalsplattforma er maksimalprisen sett til 3 050 kroner frå 1. august 2022, noko som er på nivå med barnehageforliket. Sjå meir om regjeringas politikk i programkategori 07.30 Barnehagar.
Det er innført to moderasjonsordningar i barnehagen for familiar med låg inntekt. Nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksprisen som ei øvre grense. Ordninga med gratis kjernetid gjer at barn frå familiar med inntekt under ei gitt grense har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen i veka. Denne ordninga gjeld for 2–5-åringar. Familiar med meir enn eitt barn i barnehage har også rett til søskenmoderasjon.
Frå 1. august 2022 har barn frå familiar med inntekt under 598 825 kroner rett til gratis kjernetid i barnehagen. Departementet anslår at rundt 42 000 barn hadde rett til gratis kjernetid i barnehage i 2021. Tal frå rapporteringssystemet til kommunane viser at 34 382 barn fekk innvilga gratis kjernetid i barnehage i 2021.
I 2021 fekk totalt 42 758 barn lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt. 35 136 hushald fekk redusert foreldrebetaling på grunn av låg inntekt. 2 167 barn har i tillegg friplass i barnehage.
Dersom ein familie har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, har familien rett til søskenmoderasjon i foreldrebetalinga. Denne ordninga gjeld uavhengig av inntekt. Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 pst., noko 88 pst. av kommunane har gitt. Til og med 2022 har det for det tredje barnet og oppover blitt gitt 50 pst. reduksjon. I 2021 fekk 47 265 barn søskenmoderasjon, noko som er 447 færre enn i 2020.
Tabell 7.9 Moderasjonsordningar i barnehagen, 2017–21
(i kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
Inntektsgrense for gratis kjernetid | 450 000 | 533 500 | 548 500 | 566 100 | 583 650 |
Hushald som har fått reduksjon i foreldrebetaling på grunn av låg inntekt1 | 28 902 | 33 459 | 35 261 | * 3 | 35 136 |
Barn som har fått innvilga lågare opphaldsbetaling fordi foreldra har låg inntekt1 | 35 735 | 41 918 | 43 310 | * 3 | 42 758 |
Barn med rett til lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt (overslag for 2021)2 | 54 023 | 55 187 | 53 825 | 51 132 | 53 000 |
Barn som har fått innvilga gratis kjernetid fordi foreldra har låg inntekt1 | 20 978 | 26 027 | 33 991 | 33 917 | 34 382 |
Barn med rett til gratis kjernetid på grunn av låg inntekt (overslag for 2021)2 | 27 954 | 33 327 | 42 452 | 40 732 | 42 000 |
Barn som får søskenmoderasjon | 47 418 | 46 077 | 48 594 | 47 712 | 47 265 |
1 Kan også omfatte også lokale ordningar med inntektsgrenser som er høgare enn dei nasjonale minstekrava.
2 Omfattar dei som har rett til ordninga i medhald til dei nasjonale minstekrava.
3 Tal for 2020 manglar grunna feilrapportering.
Kjelde: Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå
Barn med behov for særskild tilrettelegging
Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Barn med behov for særskild tilrettelegging er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar.
Prosentdelen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a i barnehagelova, har auka jamt dei siste åra. I 2021 fekk 3,6 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp. 72 pst. av barna som får spesialpedagogisk hjelp, er gutar. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen heng ofte saman med utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar. Prosentdelen som får spesialpedagogisk hjelp, aukar frå 0,3 pst. blant barna under 2 år til 6,6 pst. blant 5-åringane.
Tabell 7.10 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp, 2016–21
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tal | 8 290 | 8 674 | 8 813 | 9 190 | 9 255 | 9 725 |
Prosentdel | 2,9 | 3,1 | 3,2 | 3,3 | 3,4 | 3,6 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Barn i asylmottak som går i barnehage
Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod. Staten har finansiert heiltidsplassar for 4- og 5-åringar sidan 2011, og for 1-, 2- og 3-åringane sidan 2020, etter ein kortare periode med finansiering av gratis kjernetid. I og med at barnefamiliar i asylmottak er prioriterte for busetjing, og busetjingar kan skje året rundt, er det variasjon i tala for deltaking i barnehage i kommunar som har asylmottak. Utlendingsdirektoratet har ikkje registreringar som viser nøyaktig prosentdel barn som nyttar seg av plassane, men ei utrekning basert på rekneskapstal og tal på barn i mottak viser at delen ligg på rundt 80 pst. for 2021.
Kostnader i og finansiering av barnehagar
Barnehagesektoren består av om lag halvparten kommunale og halvparten private barnehagar. Private barnehagar får driftstilskot per heiltidsplass berekna ut frå gjennomsnittlege ordinære driftsutgifter i tilsvarande kommunale barnehagar i same kommune. Prosentdelen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil i dei seinare åra og var i 2021 på 58,5 mrd. kroner.
Tabell 7.11 Driftsutgifter til barnehage i kommunane, 2017–21
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|
Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)1 | 49 865 | 52 308 | 54 674 | 54 861 | 58 490 |
Prosentdel av brutto driftsutgifter til barnehage | 11,5 | 11,5 | 11,4 | 11,2 | 11,2 |
Korrigerte brutto driftsutgifter2 per barn3 i kommunal barnehage (kroner) | 200 833 | 215 203 | 227 831 | 225 646 | 251 924 |
Løpande prisar.
1 Brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon og kjøp av tenester frå andre.
2 Korrigerte brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon.
3 Korrigert for alder og opphaldstid.
Kjelde: KOSTRA (Statistisk sentralbyrå)
Det har vore ein nominell auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunale barnehagar på om lag 12 pst. frå 2020 til 2021, og den reelle auken har vore på om lag 7 pst. Figur 7.6 viser spreiinga mellom kommunar i korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar og korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen og skulefritidsordninga. Figuren viser at det er skilnader mellom kva dei ulike kommunane brukar på dei ulike tenestene. Skilnadene mellom kommunar kan til dømes kome av geografiske skilnader, ulikt økonomisk handlingsrom eller skilnader i prioritering av barnehagar, skule og SFO framfor andre tenestetilbod. At kostnadsnivå kan tilpassast på lokalt nivå er eit av formåla med rammefinansiering av kommunesektoren. Figuren viser òg at variasjonen i kommunale driftsutgifter ikkje er unikt for barnehagesektoren.
Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men dei er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 87,8 pst. av drifta av dei kommunale barnehagane var i 2021 finansiert av det offentlege, ein liten reduksjon sidan 2020.
Tabell 7.12 Finansiering av kommunale barnehagar, 2015–21 (i pst. av totale driftsmidlar)
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Prosentdel av driftsmidlar finansierte gjennom foreldrebetaling | 14,2 | 13,7 | 13,5 | 13,4 | 12,9 | 11,9 | 12,2 |
Prosentdel av driftsmidlar finansierte av det offentlege | 85,7 | 86,3 | 86,4 | 86,6 | 87,1 | 88,1 | 87,8 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Figur 7.7 visar at det over tid har vore stor spreiing i lønnsemda til ulike private aktørar. Driftsmarginen til private barnehagar var på 4,1 pst. i 2020, opp frå 3,4 i 2019. Lønnsemda har òg auka blant dei ideelle og einskildståande barnehagane. Figuren viser at den økonomiske situasjonen i dei private barnehagane samla sett er god.
8 Likestilling og arbeid mot diskriminering
Kunnskapsdepartementets arbeid med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir vidareført i skulen og må ligge til grunn i fagskulane, universiteta og høgskulane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion. Som offentleg myndigheit er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt sitt arbeid, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd.
Arbeid for likestilling og mot diskriminering i barnehage og skule
Barnehage
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver tok til å gjelde i 2017 og seier mellom anna at barnehagen skal fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn. Barnehagen skal motverke alle former for diskriminering og fremje nestekjærleik. Barnehagen skal bygge verksemda på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering og bidra til at barna møter og skaper eit likestilt samfunn. Alle skal ha like sjansar til å bli sett, høyrde og oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen. Personalet må reflektere over sine eigne haldningar for best mogleg å kunne formidle og fremje likeverd og likestilling.
Skule
Frå hausten 2022 er innføringa av nye læreplanar for grunnopplæringa innanfor læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20/LK20S) fullført for alle trinn. Dei nye læreplanane tok til å gjelde for 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2020, for 10. trinn i grunnskulen og 2. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2021 og for 3. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2022. Innanfor det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring er aktuelle tema verdival, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, å kunne setje grenser og respektere grensene til andre og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar. Konkrete læringsmål innanfor samfunnsfag er mellom anna at elevane skal drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering.
Seksualitetsopplæringa er ein del av det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Seksualitet er tema i samfunnsfag, naturfag, kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) og kroppsøving, med ulike innfallsvinklar. Naturfag tek for seg reproduktiv helse, forandringar i kroppen under puberteten og korleis puberteten kan påverke kjensler. Samfunnsfag tek for seg seksuell orientering, grensesetjing og kva seksuelle overgrep er. Faget KRLE tek opp seksualetikk i ulike religionar, og i kroppsøving skal elevane reflektere over kroppsidentitet og sjølvbilete.
Kompetanseheving for lærarar
Regjeringa vil bidra til betre læringsutbyte om kjønns- og seksualitetsmangfald i lærarutdanningar og helse- og sosialfaglege utdanningar. Eitt av tiltaka er derfor kompetanseheving om kjønns- og seksualitetsmangfald i desse utdanningane. Kunnskapsdepartementet vil, i samråd med universitets- og høgskulesektoren, vurdere tiltak som kan bidra til at studentane oppnår læringsutbyte som er omtala i rammeplanane for utdanningane og i nasjonale forskriftsfesta retningslinjer på feltet.
Eit anna tiltak er kompetanseheving av lærarar, leiarar og lærarstudentar. Utdanningsdirektoratet har i 2021 i samarbeid med Helsedirektoratet starta med å utvikle støtteressursar om seksualitet og kjønn. Planen er å inkludere lhbtiq-perspektivet i støtteressursane.
Handlingsplanar og strategiar
Det ligg føre handlingsplanar og strategiar som har relevans for det heilskaplege arbeidet for likestilling og mot diskriminering i både barnehagar og grunnopplæring.
Kultur- og likestillingsdepartementet arbeider med ei melding til Stortinget om seksuell trakassering. Meldinga skal omfatte ei kartlegging av omfanget av seksuell trakassering og forslag til førebyggande tiltak når det gjeld seksuell trakassering i arbeidslivet, opplæringssektoren og på kultur- og fritidsarenaer. Regjeringa tek sikte på å legge fram meldinga i 2024.
Det følger av opplæringslova at elevar som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til opplæring i og på teiknspråk. Som oppfølging av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov, sende Kunnskapsdepartementet forslag til ny opplæringslov på høyring i august 2021. I forslaget til ny lov blei det foreslått å vidareføre retten til opplæring i og på norsk teiknspråk, med mellom anna større fleksibilitet i bruk av læreplanar utarbeidde for elevar med teiknspråk for dei som har rett til slik opplæring. Etter planen skal ein samla lovproposisjon bli sendt til Stortinget våren 2023.
Det er òg løyvd midlar til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane og til utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.
Elevar med nedsett funksjonsevne i vidaregåande opplæring er ei samansett elevgruppe og kan ha heilt ulike utfordringar. Mange elevar med nedsett funksjonsevne får eit dårlegare tilbod i vidaregåande opplæring enn elevar utan nedsett funksjonsevne. Det er sett i gang eit arbeid med ein strategi for at elevar med nedsett funksjonsevne skal få eit betre og likeverdig tilbod i vidaregåande opplæring.
Arbeid for likestilling og mot diskriminering i høgare utdanning
Tilleggspoeng for opptak til studium
Søkarar til høgare utdanning kan få tilleggspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna. Institusjonane får berre bruke kjønnspoeng i ein avgrensa periode, og dei må gjere greie for at andre tiltak for betre kjønnsbalanse ikkje har gitt resultat. Universitets- og høgskulelovutvalet la i 2020 fram NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler, der dei skriv at kjønnspoeng kan vere i strid med likestillingsregelverket og EUs likestillingsdirektiv. Departementet vurderte hausten 2020 føresegna om kjønnspoeng og la til grunn at forskrifta ikkje er i strid med likestillingsregelverket eller -direktivet.
I dag får menn tilleggspoeng ved
veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU
sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskule og Universitetet i Agder
barnevern ved OsloMet
profesjonsstudium i psykologi ved NTNU, UiB og UiO
Kvinner får tilleggspoeng ved
bachelorstudium i fleire av teknologi- og ingeniørfaga
landbruksstudium ved Høgskolen i Innlandet
visse femårige integrerte masterprogram i teknologi- og ingeniørfag ved NTNU
Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på systemet for opptak til høgare utdanning, og det vil mellom anna kunne påverke bruken av kjønnspoeng. Utvalet skal levere rapport seinast 1. desember 2022.
Likestilling blant tilsette i høgare utdanning og forsking
51,2 pst. av dei nye doktorane i 2021 var kvinner. Talet har halde seg relativt stabilt sidan 2010. 34,7 pst. av årsverka i dosent- og professorstillingar blei utførte av kvinner i 2021. Det er store skilnader mellom fagfelt og institusjonar. Flest kvinner finn vi ved institusjonar med mange profesjonsutdanningar. Samla for stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, var talet 44,3 pst. Desse tala har auka med om lag 1 prosenteining årleg over lang tid.
Tabell 8.1 Prosentdelen tilsette på heiltid og deltid i verksemder i kunnskapssektoren i 2021
Verksemd | Heiltid | Deltid |
---|---|---|
Kunsthøgskolen i Oslo | 69,5 | 30,5 |
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino | 84,1 | 15,9 |
Høgskolen i Molde | 87,2 | 12,8 |
Høgskolen i Innlandet | 87,2 | 12,8 |
OsloMet – Storbyuniversitetet | 87,6 | 12,4 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU | 87,6 | 12,4 |
Universitetet i Søraust-Noreg | 87,7 | 12,3 |
Universitetet i Bergen | 87,7 | 12,3 |
Universitetet i Stavanger | 88,5 | 11,5 |
Universitetet i Agder | 88,7 | 11,3 |
Universitetet i Oslo | 89,0 | 11,0 |
Høgskulen i Volda | 89,1 | 10,9 |
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) | 90,2 | 9,8 |
Høgskolen i Østfold | 90,3 | 9,7 |
Nord universitet | 90,7 | 9,3 |
Høgskulen på Vestlandet | 90,8 | 9,2 |
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | 91,3 | 8,7 |
Statped | 94,5 | 5,5 |
Statens lånekasse for utdanning | 96,7 | 3,3 |
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) | 96,9 | 3,1 |
UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking | 97,7 | 2,3 |
Utdanningsdirektoratet | 97,9 | 2,1 |
Kunnskapsdepartementet | 98,2 | 1,8 |
Noregs forskingsråd | 99,4 | 0,6 |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 100,0 | 0,0 |
Snitt | 89,1 | 10,9 |
Kjelde: SSB, tabell 12624
Det er fleire kvinner enn menn som er mellombels tilsette ved universitet og høgskular. Regjeringa har som mål å redusere mellombelse tilsetjingar i sektoren, slik at vi med tida kjem ned mot det same nivået som i arbeidslivet elles. Mellom anna følger regjeringa opp utviklinga i etatsstyringa og har ei klar forventning til utdanningsinstitusjonane om at dei jobbar målretta med bemanningsplanlegging og sørger for at det framover blir ein betydeleg reduksjon i mellombelse tilsetjingar.
Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif) skal støtte opp om og gi råd om tiltak som bidreg til integrering av arbeidet med kjønnsbalanse og mangfald ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta. Arbeidet skal medverke til meir mangfald blant dei tilsette og i forskinga. I 2021 blei eit nytt mandat utvikla for komiteen som er oppnemnd for perioden 2022–25. Ny komité skal bidra til å auke kunnskapen om korleis kjønn og sosial og etnisk bakgrunn påverkar kritiske overgongar i ein forskarkarriere, frå vegen inn i forsking til topp- og leiarstillingar. Kunnskapsdepartementet følger òg opp arbeidet med likestilling og mangfald i etatsstyringa av universiteta og høgskulane. I tildelingsbreva er det tydelege forventningar om at verksemdene arbeider aktivt for å fremje like karrieremoglegheiter for kvinner og menn i norsk akademia og legg til rette for større mangfald.
Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar
Rammeplanen for barnehagen seier mellom anna at barnehagen skal motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme. Barnehagen skal medverke til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald av familieformer og sørge for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen. Utdanningsdirektoratet tilbyr støtteressursar som barnehagane kan bruke i dette arbeidet.
Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme og udemokratiske haldningar (Dembra) er eit kurstilbod som gir kompetanseutvikling for lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i grunnopplæringa. Fram til 2020 dekte Dembra ungdomsskulen og vidaregåande opplæring. Frå og med 2020 er også barnetrinnet inkludert i satsinga, og frå 2021 er Dembra for lærarutdanningane (Dembra LU) inkludert. Læringsressursane som er utvikla, dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. Desse læringsressursane blir brukte i lærarutdanningane, i etterutdanningane og til skulebasert kompetanseheving. Dembra er blitt eit varig tiltak som engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Det er etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet. I 2021 blei Dembra-materiell på nordsamisk ferdig. Dembra-materiell på lulesamisk og sørsamisk skal etter planen vere ferdig i 2023. Det er også planlagt ein undervisningspakke om konspirasjonsteoriar og konspirasjonstenking for vidaregåande opplæring og lærarutdanningane. Sjå omtale av rapporten om bruken av midlar i 2021 og forslag til løyving til Dembra for 2023 under kap. 226, post 21.
Det ligg føre ei rekke handlingsplanar i det heilskaplege arbeidet mot diskriminering, hatytringar, rasisme, antisemittisme, muslimhat, radikalisering og ekstremisme:
Handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion (2020–2023)
Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme (2020–2023)
Handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimer 2020–2023
Handlingsplan mot antisemittisme (2021–2023) – en videreføring
Likestilling i Kunnskapsdepartementet
Etter likestillings- og diskrimineringslova § 26 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden. Aktivitets- og meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. Når det gjeld rapporteringa frå kvar einskild verksemd, kan ein finne den i årsrapportane til verksemdene. Tabell 8.2 gir ei oversikt over kjønnsbalansen i Kunnskapsdepartementet, og kvinners lønn i pst. av menns lønn, totalt og for dei ulike stillingskategoriane i departementet. Stillingsnivå er baserte på eksisterande stillingskategoriar i Kunnskapsdepartementet.
Tabell 8.2 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse og lønn i Kunnskapsdepartementet
År | Menn (pst.) | Kvinner (pst.) | Totalt (N) | Kvinners lønn i pst. av menns | |
---|---|---|---|---|---|
Alle tilsette | 2021 | 32,3 | 67,7 | 334 | 96,5 |
2020 | 32,7 | 67,3 | 342 | 95,8 | |
Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, totalt | 2021 | 32,2 | 68 | 326 | 97,4 |
2020 | 32,3 | 68 | 334 | 98,5 | |
Toppleiarar ikkje omfatta av Hovudtariffavtalen i staten: departementsråd, ekspedisjonssjef | 2021 | 37,5 | 62,5 | 8 | 90,2 |
2020 | 50,0 | 50 | 8 | 92,7 | |
Mellomleiarar: avdelingsdirektør med personalansvar, kommunikasjonssjef | 2021 | 42,9 | 57,1 | 28 | 101,5 |
2020 | 46,2 | 53,8 | 26 | 102,7 | |
Saksbehandlarar og administrativt personell | |||||
Avdelingsdirektør utan personalansvar, fagdirektør | 2021 | 38,5 | 61,5 | 39 | 98,7 |
2020 | 30,3 | 69,7 | 33 | 100,9 | |
Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, utredningsleiar | 2021 | 26,2 | 73,8 | 42 | 99,1 |
2020 | 23,5 | 76,5 | 17 | 92 | |
Seniorrådgivar | 2021 | 30,8 | 69,2 | 159 | 98,4 |
2020 | 31,5 | 68,5 | 203 | 98,7 | |
Rådgivar | 2021 | 29 | 71 | 45 | 107,5 |
2020 | 37,8 | 62,2 | 37 | 109,2 | |
Førstekonsulent, seniorkonsulent | 2021 | 38,5 | 61,5 | 13 | 105,6 |
2020 | 22,2 | 77,8 | 18 | 107,9 |
Kjelde: Uttrekk SAP per 31. desember 2020 og 2021. Lærlingar, ein trainee og tilsette i ulønt permisjon for å utføre arbeid i andre verksemder er ikkje inkluderte i oversikta.
Det er fleire kvinner enn menn blant dei tilsette i Kunnskapsdepartementet, høvesvis 68 pst. kvinner og 32 pst. menn, som det går fram av tabell 8.2. Kjønnsfordelinga i departementets toppleiing var i stor grad lik kjønnsfordelinga i departementet samla, og utgjorde 63 pst. kvinner og 37 pst. menn. Av totalt 36 leiarar i Kunnskapsdepartementet per 31. desember 2021 var 21 kvinner, noko som inneber at 58 pst. av departementets leiarar var kvinner. Departementet har i både 2020 og 2021 hatt tre lærlingar, og alle er kvinner.
Personal- og lønnspolitikken i Kunnskapsdepartementet har som eit av måla at lønn og karrieremoglegheiter skal vere uavhengige av kjønn, alder og etnisk eller kulturell bakgrunn.
Det er utarbeidd retningslinjer for lønnssetjing i lønnspolitikken for å minske risikoen for diskriminering, og departementet arbeider for å jamne ut lønnsskilnader mellom kjønna. I gjennomsnitt tente kvinner 97 pst. av det menn tente i Kunnskapsdepartementet i 2021, som er ei minimal forbetring frå 96 pst. i 2020. Gjennomsnittleg lønnsutvikling i perioden 2020–21 var 3,1 pst, det same for begge kjønn. Statistikken for 2021 viser at menn og kvinner i Kunnskapsdepartementet har tilnærma lik lønn i dei fleste stillingskategoriane. I stillingskategoriane avdelingsdirektør, rådgivar, seniorkonsulent og førstekonsulent har kvinner høgare gjennomsnittleg lønn enn menn. Det er fleire kvinner i dei lågast lønte stillingskategoriane. Dette trekker gjennomsnittet ned for kvinner samla sett. I 2021 vart det teke i bruk ein ny stillingskode i Kunnskapsdepartementet, kode 1114 utgreiingsleiar. Stillingskoden er ein opprykkskode for tilsette på nivået mellom seniorrådgivar og fagdirektør. Ved nyttår var det 23 kvinner og 6 menn som hadde fått den nye stillingskoden. Lønnsnivået i stillingskoden er tilnærma likt mellom kjønna.
Overtidsbruken i Kunnskapsdepartementet varierer frå år til år. Det er overvekt av kvinner i dei fleste stillingskodane. Når ein korrigerer for det, tyder tala på at menn i noko større grad har fått utbetalt overtid i 2020 og i 2021. Seniorrådgivarkoden er den mest brukte koden i Kunnskapsdepartementet. Der har kvinner ein større prosentdel utbetalt overtid enn menn både i 2020 og i 2021. Årsakene til overtidsbruken vil variere over tid. Einskildpersonar med større oppgåver og eventuelle prosjekt som er i avslutningsfasen, kan ha innverknad på tala for det einskilde året.
Kunnskapsdepartementet evaluerer bruken av mellombelse stillingar saman med representantar for dei tilsette kvart år, og har målsetjing om å halde bruken av mellombelse stillingar og deltidsstillingar nede. 15 tilsette var mellombels tilsett i departementet per 31. desember 2021. Av desse var 7 kvinner og 8 menn.
Departementet legg til rette for fleksibilitet for begge kjønn i ulike livsfasar, og ønsker å legge til rette for personar som har eller har fått nedsett funksjonsevne. Bruk av deltidsstilling i departementet i 2021 er nytta av nokre få tilsette av begge kjønn, som følge av helse- og livsfasebehov. Det er ikkje identifisert at det er tilsette i departementet som har arbeidd ufrivillig deltid i 2021. Uttak av foreldrepermisjon var i snitt 14 veker for kvinner og 11 veker for menn i 2021. Dette er ein reduksjon for begge kjønn frå 2020. Fråvær som følge av omsorg for sjukt barn utgjer høvesvis 69 og 31 pst. for kvinner og menn. Fordelinga samsvarer med fordelinga av kvinner og menn i departementet. I 2021 hadde Kunnskapsdepartementet eit totalt sjukefråvær med frådrag for ferie på 3,5 pst. Kvinner har høgare sjukefråvær enn menn i departementet, høvesvis 4,3 pst. for kvinner og 1,9 pst. for menn i 2021.
Kunnskapsdepartementet bruker ulike verktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar. Av søkarar til utlyste stillingar i Kunnskapsdepartementet i 2021 var 63 pst. kvinner og 37 pst. menn. Det vart rekruttert 41 personar til departementet i 2021, og det vart tilsett fleire kvinner enn menn, høvesvis 61 pst. og 39 pst. Fem av rekrutteringane i 2021 var til leiarstillingar, og i desse stillingane vart tre kvinner og to menn tilsette. I 2021 utgjer tilsetjingar i målgruppa for inkluderingsdugnaden 7,3 pst. og tilsetjingar av personar med innvandrarbakgrunn 4,8 pst.
Kunnskapsdepartementets strategiar, handlingsplanar og regelverk utgjer fundamentet for departementets arbeid med likestilling og ikkje-diskriminering. Gjennom arbeidet med aktivitetsplikta er dette grunnlaget gjennomgått, og det er ikkje funne område der det skjer diskriminering i Kunnskapsdepartementet. Det er likevel funne område med potensial for forbetring, som omtalt under.
Ei partssamansett arbeidsgruppe har starta eit arbeid for å undersøke likestillingssituasjonen og analysere risikoen for diskriminering. Identifiserte område og tiltak vert følgde opp i departementet for å sikre omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering.
Til dømes er det ønskeleg i rekrutteringssamanheng å utføre grundige jobbanalysar og utarbeide målretta utlysingstekstar og profileringssider for å forbetre kjønnsbalansen og auke mangfaldet i departementet. Kunnskapsdepartementets retningslinje og rammer for heimekontor skal òg evaluerast, mellom anna med tanke på moglegheitene dei tilsette har til å kombinere arbeid og familieliv. Det verkar som desse moglegheitene ikkje er godt nok kjende i departementet, og at det kan vere behov for å informere betre om dette.
Kunnskapsdepartementet vil sjå nærare på rutinar for oppfølging av sjukemelde og retningslinjer for overtid. Departementet skal òg halde fram med analysar for å unngå ugrunna skilnader i lønn.
Kunnskapsdepartementet ønsker i større grad å legge til rette for like moglegheiter for forfremjing og utvikling for alle tilsette. I 2022 skal departementet òg gå gjennom noverande rutinar for tildeling av etter- og vidareutdanning og rutinar for hospiteringsopphald.
Likestilling i kunnskapssektoren
I Statens personalhandbok er det nedfelt i pkt. 1.6:
Staten skal speile mangfoldet i befolkningen når det gjelder kjønn, alder, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell orientering mv. Mangfold i den statlige personalstyrken støtter opp under mulighetene for god måloppnåelse og bidrar til at staten kan yte gode tjenester til alle samfunnsborgere uansett bakgrunn og livserfaring.
Oversikter over prosentdelen tilsette etter kjønn, landbakgrunn og om dei arbeider heil- eller deltid, fortel noko om tilstanden for likestillinga i sektoren Kunnskapsdepartementet har ansvar for.
Tabell 8.3 Prosentdelen menn og kvinner i forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet i 2021
Verksemd | Tilsette | Del menn (pst.) | Del kvinner (pst.) | Kvinners lønn i pst. av menns |
---|---|---|---|---|
Utdanningsdirektoratet | 341 | 34,9 | 65,1 | 97,4 |
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino | 125 | 34,4 | 65,6 | 100,2 |
Sørsamisk kunnskapspark | 23 | 17,4 | 82,6 | 86,6 |
Statleg spesialpedagogisk støtteteneste (Statped) | 631 | 22,2 | 77,8 | 98,8 |
Noregs grøne fagskule – Vea | 33 | 36,4 | 63,6 | 92,6 |
Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane | 8 | 50,0 | 50,0 | 105,8 |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 146 | 27,4 | 72,6 | 88,0 |
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) | 97 | 47,4 | 52,6 | 84,3 |
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (Diku) | 172 | 30,8 | 69,2 | 95,9 |
Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit) | 211 | 54,0 | 46,0 | 93,9 |
Statens lånekasse for utdanning | 322 | 44,3 | 55,7 | 93,8 |
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) | 12 | 16,7 | 83,3 | 89,2 |
Kompetanse Noreg | 196 | 31,6 | 68,4 | 99,2 |
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) | 225 | 35,1 | 64,9 | 96,8 |
22. juli-senteret | 16 | 18,8 | 81,2 | 116,4 |
Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå SSB til Kommunal- og distriktsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) 1. oktober 2021. Medarbeidarar med leiarlønn, med leiarlønnsavtale, timelønte og honorarlønte er ikkje med.
I 12 av 15 forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet tener menn meir enn kvinner. Skilnaden er størst hos Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) (84,3 pst.), Sørsamisk kunnskapspark (86,6 pst og NOKUT (begge 88 pst.).
Tabell 8.4 Prosentdelen tilsette i verksemder i kunnskapssektoren etter landbakgrunn i 2021
Verksemd | Tilsette utan innvandringsbakgrunn | Gruppe 1 | Gruppe 2 |
---|---|---|---|
Universitetet i Stavanger | 69,6 | 14,7 | 15,7 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU | 68,9 | 15,5 | 15,6 |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 73,7 | 11,2 | 15,1 |
Universitetet i Oslo | 65,9 | 19,9 | 14,1 |
Universitetet i Agder | 73,7 | 13,0 | 13,3 |
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | 70,5 | 17,0 | 12,4 |
Universitetet i Bergen | 68,0 | 20,3 | 11,7 |
Høgskolen i Molde | 84,1 | 5,2 | 10,7 |
Kunsthøgskolen i Oslo | 73,9 | 15,8 | 10,4 |
Nord universitet | 80,2 | 9,9 | 9,8 |
Universitetet i Søraust-Noreg | 80,4 | 9,8 | 9,8 |
OsloMet – Storbyuniversitetet | 80,8 | 9,4 | 9,8 |
Høgskolen i Østfold | 82,7 | 8,0 | 9,3 |
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) | 75,6 | 15,9 | 8,5 |
Statens lånekasse for utdanning | 91,0 | 1,5 | 7,5 |
Høgskulen på Vestlandet | 84,8 | 8,6 | 6,6 |
UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking | 86,5 | 7,4 | 6,0 |
Høgskolen i Innlandet | 84,4 | 10,4 | 5,2 |
Kunnskapsdepartementet | 91,8 | 3,9 | 4,2 |
Noregs forskingsråd | 90,0 | 6,3 | 3,8 |
Statped | 91,8 | 4,7 | 3,5 |
Utdanningsdirektoratet | 93,5 | 2,9 | 3,5 |
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) | 90,6 | 6,3 | 3,1 |
Høgskulen i Volda | 91,8 | 5,3 | 2,9 |
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino | 90,1 | 9,9 | 0,0 |
Snitt | 73,6 | 14,5 | 11,9 |
Gruppe 1: EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand
Gruppe 2: Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oseania utanom Australia og New Zealand
Kjelde: SSB, tabell 12625
Tabellen over viser kor mange innvandrarar som er tilsette i verksemder i kunnskapssektoren, fordelte på landgruppe 1 og 2. Resten av dei tilsette er nordmenn utan innvandrarbakgrunn. Som det går fram, er det stor variasjon i verksemdene i kor mange av dei tilsette som har innvandrarbakgrunn.
9 Oppfølging av FNs berekraftsmål
Generalforsamlinga i FN vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our World: The 2030 Agenda for Sustainable Development. Alle medlemslanda i FN er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftsmåla i agendaen. I Noreg har Kunnskapsdepartementet eit koordineringsansvar for berekraftsmål 4:
Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.
Målet har 7 delmål og 3 gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå.
Noreg kan vise til gode resultat og framgang på fleire mål under berekraftsmål 4. Utdanninga er av god kvalitet og tilgjengeleg for alle uavhengig av sosial bakgrunn. I 2022 er Noreg rangert som nummer 4 blant 193 land på SDG-indeksen, som viser utviklinga i verda på tvers av alle dei 17 berekraftsmåla. Dette er ei betring frå 2021, då Noreg var rangert som nummer 7.
Noreg er likevel ikkje i mål. Våren 2021 blei Noregs handlingsplan for å nå berekraftsmåla innan 2030 lagd fram, Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Meldinga blei behandla i Stortinget i april 2022.
Regjeringa vil i tida framover bygge ein sterkare fellesskule for alle, ein fellesskule som skaper like moglegheiter for barn og unge uavhengig av bakgrunn. Vidare vil regjeringa prioritere å motverke kjønnsskilnader i skulen og arbeide for at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Det er i tillegg viktig at fleire får tilgang til høgare utdanning av god kvalitet i heile landet.
Kunnskapsdepartementet vil halde fram samarbeidet med Utanriksdepartementet om Noregs oppfølging av berekraftsmål 4 i internasjonale organisasjonar. Utdanning av god kvalitet for alle er ein prioritet for norsk utviklings- og bistandspolitikk. Som ein del av oppfølginga har Noreg ratifisert UNESCOs globale konvensjon for godkjenning av høgare utdanning. Konvensjonen vil vere eit viktig verkemiddel for auka mobilitet av studentar og arbeidssøkande på tvers av kontinent.
I tillegg til ansvar for koordinering av oppfølginga for berekraftsmål 4 bidreg Kunnskapsdepartementet også til fleire delmål under andre berekraftsmål. Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla.
Delmål 4.1
Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbyte.
I Noreg har alle barn rett og plikt til tiårig grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år. 98 pst. gjekk direkte til vidaregåande opplæring frå 10. trinn i 2021.
Regjeringa har sett ned eit partssamansett utval som skal gå gjennom kvalitetsvurderingssystemet i skulen og foreslå endringar i prøvar, verktøy og datakjelder. Målet med gjennomgangen er å legge betre til rette for kvalitetsutvikling på alle nivå i skulen. Utvalet leverer delrapport i januar 2023 og sluttrapport i oktober 2023.
Dei aller fleste elevane trivst og er motiverte for å lære, men fleire unge rapporterer at dei opplever stress og psykiske plager. Skulemotivasjonen til elevane fell gjennom grunnskulen og er lågast på 10. trinn. For mange elevar går ut av ungdomstrinnet med for svake resultat. Regjeringa ønsker meir praktisk og variert læring i skulen og å få fleire barn og unge gjennom skuleløpet. Regjeringa vil legge fram ei melding som ser på utfordringar i skulekvardagen og relaterte tema for barn og unge på 5.–10. trinn.
Det er sett i gang ei rekke tiltak som skal bidra til eit meir inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle barn og elevar, og betre samarbeidet mellom barnehagane, skulane, SFO og tenestene rundt. Det er mellom anna sett i gang eit stort og varig kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis for barnehagar og skular, PP-tenesta og andre relevante tenester i kommunen. Det er òg sett i gang pilot- og forskingsoppdrag som skal betre kunnskapen om inkluderande praksis i barnehage og skule, i tillegg til at det vil vere fleire endringar og presiseringar i ny opplæringslov som vil bidra til å styrke tilbodet for elevane. Meldinga vil bli lagd fram for Stortinget våren 2023.
Frå hausten 2022 har regjeringa sett i gang ei ordning med 12 timar gratis SFO for elevar på første årstrinn. 1. august 2022 tok fleire lovendringar om samarbeid mellom velferdstenestene til å gjelde. Endringane omfattar 14 velferdstenestelover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, og at det er innført ei samordningsplikt for kommunen ved yting av velferdstenester og ein rett til barnekoordinator.
Det er ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring og kome seg over i vidare utdanning og arbeid. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2023 midlar til ei rekke tiltak som skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Åtte av ti elevar som begynte i vidaregåande opplæring i 2015, fullførte med studie- eller yrkeskompetanse, den høgaste fullføringsprosenten nokon gong. Jenter fullfører i større grad enn gutar, høvesvis 85 pst. og 76 pst.
Sjå også programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Delmål 4.2
Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen.
Barnehagedekninga i Noreg er god. I 2021 gjekk 268 465 av barna i barnehage, mot 272 264 i 2020. Det er ein nedgang på 3 800 barn, og det kjem av nedgang i fødselstala for dei aktuelle årskulla. Dekningsgraden for barn i alderen 1–5 år har auka frå 92,8 pst. i 2020 til 93,4 pst. i 2021.
Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 2–5 år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke, og inntektsgrensa var frå 1. august 2022 på 598 825 kroner. Regjeringa foreslår å redusere maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage til 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023 og å innføre gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes frå 1. august 2023. Moderasjonsordningane vidareførast, og inntektsgrensa for ordninga med gratis kjernetid blir foreslått til 615 590 kroner frå 1. august 2023.
Trass i viktige reformer i barnehagesektoren som har gitt maksimalpris, rett til plass og høg barnehagedekning, viser eit oppdatert kunnskapsgrunnlag at det framleis er skilnader både i barnehagedeltakinga og i kvaliteten og tilrettelegginga av tilbodet. Regjeringa vil hausten 2022 legge fram ein strategi for kvalitet i barnehagesektoren for perioden fram mot 2030. Målet er at barnehagane skal vere inkluderande og tilgjengelege, og at barnehagane har god og relevant kompetanse og ei bemanning som medverkar til at alle barn, uavhengig av føresetnader og kvar dei bur, opplever høg og likeverdig kvalitet i barnehagetilbodet. Samla sett foreslår departementet å bruke 740 mill. kroner til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane, ein auke på 275 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet å auke tilskotet til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn med 45 mill. kroner i 2023.
Sjå nærare omtale under programkategori 07.30 Barnehagar.
Delmål 4.3
Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris.
44 pst. av jentene som søkte Vg1 i 2022, søkte seg til eit yrkesfagleg utdanningsprogram, mot om lag 60 pst. av gutane. Elevane på yrkesfag vel framleis kjønnstradisjonelt, men skilnadene har vorte litt mindre dei siste ti åra. I 2013 var knappe 5 pst. av elevane på bygg- og anleggsteknikk jenter, og dryge 12 pst. av elevane på teknologi- og industrifag var jenter. I 2022 er prosentdelen jenter høvesvis 11 og 18 pst. Det har aldri vore fleire jenter som søker seg til desse programma enn i 2022.
I høgare utdanning er det små endringar i kjønnsbalansen innanfor og mellom fagområda over tid. Tal frå 2021 viser at om lag 60 pst. av studentane i høgare utdanning er kvinner. Kvinnedelen er høgast i helse-, sosial- og idrettsfag og lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk. Menn er som tidlegare i fleirtal i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, samferdsels- og sikkerheitsfag og andre servicefag. Kjønnsfordelinga er jamnast i aldersgruppa 25–29 år, der mannlege studentar utgjer 45 pst. Ubalansen mellom kjønna er tydelegast blant dei 10 pst. eldste studentane, frå 40 år og oppover. Her utgjer kvinner heile 70 pst. av studentane. I 2021 var prosentdelen kvinner i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag 34,6 pst. Prosentdelen menn i helse-, sosial- og idrettsfag var 21,1 pst.
Regjeringa har sett ned eit utval som skal gå gjennom regelverket for opptak til høgare utdanning. Utvalet har mellom anna fått i mandat å gi tilrådingar om korleis departementet kan utforme eit regelverk som bidreg til at vi får dekt kompetansebehova i arbeidslivet, og som ikkje er til hinder for eit mangfaldig og kjønnsbalansert arbeidsliv. Utvalet skal legge fram sin rapport i desember 2022.
Delmål 4.4
Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap.
Utdanning er viktig for å kunne delta aktivt i samfunnet gjennom heile livet. Fleire i arbeid og høgare kompetanse i arbeidsstyrken gir økonomisk vekst og meir velferd og kan også gi lågare trygdeutgifter. Regjeringa følger opp Stortingets behandling av fullføringsreforma, Meld. St. 21 (2020–2021). Utvidinga av retten til vidaregåande opplæring er eit av dei viktigaste grepa i fullføringsreforma. Når alle har rett til å få opplæring til dei har bestått vidaregåande opplæring, vil også fleire kunne få opplæring som treffer behova deira, og fleire vil bli kvalifiserte til læreplass og vidare utdanning og arbeid.
I 2021 var det fleire nyutdanna fagarbeidarar enn på lenge. Talet på lærlingkontraktar har også stige frå året før, og er no høgare enn før pandemien. Det er likevel mange søkarar som ikkje får læreplass. Innvandrarar er overrepresenterte blant dei som ikkje får læreplass, og pandemien har forsterka skilnadene.
Halvparten av alle i aldersgruppa 25–64 år hadde i 2021 delteke i formell eller ikkje-formell opplæring dei siste 12 månadene. For dei som begynte på ei bachelorutdanning i 2017, var det 55 pst. som fullførte på tre år, ein auke frå 50 pst. for kullet som starta i 2015.
Samla for heile sektoren for høgare utdanning var det ein sterk vekst i talet på studentar i 2021, med om lag 305 000 registrerte studentar i høgare utdanning. Veksten i talet på søkarar og studentar må mellom anna sjåast i lys av covid-19-pandemien. For 2022 blei det gjennom Samordna opptak lyst ut 62 500 studieplassar fordelte på 1 317 studium ved 27 universitet og høgskular. Dette er det høgaste talet på studieplassar i opptaket nokon gong. Tal frå hovudopptaket i 2022 viser at det er ein auke i talet på søkarar som får tilbod om studieplass på førstevalet sitt. Søkartala er no tilbake på nivået frå før pandemien, med ein nedgang på om lag 12,5 pst. frå 2021.
Delmål 4.5
Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar.
Likeverd og likestilling er verdiar som ligg til grunn for den norske grunnopplæringa. Skular og lærebedrifter skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Elevane skal òg få likeverdige moglegheiter, slik at dei kan ta sjølvstendige val. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og legge til rette for at alle får oppleve tilhøyrsle i skule og samfunn. Den norske skulen er òg prega av at ein stor del av elevane går saman i den offentlege fellesskulen, og at barn og unge møtest på tvers av ulik bakgrunn.
Opplærings- og utdanningssektoren er underlagd krava om universell utforming av IKT i likestillings- og diskrimineringslova. Frå 1. januar 2022 stiller forskrift om universell utforming av IKT nye krav om universell utforming av nettstadane og mobilapplikasjonane til offentlege organ, som følge av at Web Accessibility Directive (WAD) har blitt innlemma i norsk lov. Det er ein overgangsperiode på eitt år, slik at verksemdene må etterleve dei nye krava innan 1. januar 2023. Dei nye krava gjeld i all hovudsak for heile utdanningssektoren, men det er gjort unntak for synstolking av levande medieinnhald (video) som barnehagar og skular produserer sjølve. Unntaket gjeld ikkje høgare utdanning, og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har derfor fått i oppdrag å greie ut korleis gjennomføringa av direktivet skal skje i universitets- og høgskulesektoren, jf. Prop. 141 LS (2020–2021) og Innst. 457 S (2020–2021).
I Prop. 74 L (2021–2022) blei det foreslått endringar i universitets- og høgskulelova som gjeld både universell utforming og individuell tilrettelegging. Stortinget slutta seg til forslaga våren 2022, jf. Innst. 287 L (2021–2022). Lovføresegna om universell utforming er no oppdatert i tråd med endringane i likestillings- og diskrimineringslova.
Samane er Noregs urfolk, og Kunnskapsdepartementet har fleire tilskotsordningar som skal bidra til å utvikle samisk identitet, språk og kultur. Utdanningsdirektoratet har vidareutvikla nettbaserte ressursar til det samiske i barnehagen og samarbeider med statsforvaltarane og Sametinget om oppfølging av rammeplan for barnehagen og kompetansetiltak. Arbeid med samisk innhald og samiske barn er også løfta fram i evalueringa av implementering av rammeplanen. Regjeringa tek sikte på å legge fram ei melding for Stortinget om samisk språk, kultur og samfunnsliv i 2023, der hovudtemaa blir kompetanse og rekruttering. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å auke tilskotet til samisk i grunnopplæringa med 17,5 mill. kroner.
Delmål 4.6
Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne.
Lesing, skriving og rekning er tre av dei fem grunnleggande ferdigheitene i skulen. Grunnleggande ferdigheiter er viktige føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Skulen skal legge til rette for og trygge utviklinga av dei grunnleggande ferdigheitene gjennom heile opplæringsløpet.
Kvart år blir det gjennomført nasjonale prøvar på 5., 8. og 9. trinn som måler grunnleggande ferdigheiter i lesing og rekning. Informasjonen frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet. Nasjonale prøvar viser at prestasjonane til elevane i lesing og rekning på nasjonalt nivå er stabile over tid. Gutane presterer litt betre enn jentene på nasjonale prøvar i rekning, medan jentene presterer litt betre enn gutane i lesing.
Programme for International Student Assessment (PISA) viser stabile resultat sidan målingane starta i 2000. I PISA 2018 presterte norske 15-åringar litt over OECD-snittet i lesing og matematikk, og likt med OECD-gjennomsnittet i naturfag. Jenter presterte signifikant betre enn gutane i alle dei tre fagområda i PISA 2018. Det er særleg i lesing kjønnsskilnadene er store. I Noreg får jentene òg i snitt høgare karakterar enn gutane i dei fleste fag, både til standpunkt og til eksamen. TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) og PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study) viser at norske elevar på barnetrinnet presterer svært godt i matematikk og lesing.
Delmål 4.7
Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling.
Berekraftig utvikling er ein del av verdigrunnlaget i barnehagen og ein del av innhaldet og oppgåvene til barnehagane. I skulen er respekt for naturen og miljøbevisstheit ein del av verdigrunnlaget og berekraftig utvikling er prioritert som eitt av tre tverrfaglege tema i læreplanverket, saman med demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring. Skulen skal medverke til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit. Dei skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Elevane skal utvikle bevisstheit om korleis levesettet til menneska påverkar naturen og klimaet og dermed også samfunna våre. Skulen skal medverke til at elevane utviklar vilje til å ta vare på miljøet.
Skulen har eit breitt samfunnsmandat. I overordna del av læreplanverket står det at skulen skal sørge for at menneskeverdet og dei verdiane som støttar opp om det, blir lagde til grunn for opplæringa og heile verksemda. Menneskerettane har sitt grunnlag i menneskeverdet og er ein viktig del av fundamentet for rettsstaten. Dei bygger på universelle verdiar som gjeld for alle uansett kven dei er, kvar dei kjem frå, og kvar dei held til. Barnekonvensjonen er ein del av menneskerettane og gir barn og unge eit særleg vern. Opplæringa må vere i samsvar med menneskerettane, og elevane skal tileigne seg kunnskap om menneskerettane. Likeverd og likestilling er verdiar som er kjempa fram gjennom historia, og som framleis må takast vare på og styrkast. Skulen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og legge til rette for at alle får oppleve tilhøyrsle i skule og samfunn. Eit godt samfunn er tufta på eit inkluderande og mangfaldig fellesskap. Elevane skal få innsikt i korleis vi lever saman med ulike perspektiv, haldningar og syn på livet. Skulen skal støtte utviklinga av identiteten til den einskilde og gjere elevane trygge på eigen ståstad, samstundes som han skal formidle felles verdiar som trengst for å møte og delta i mangfaldet, og opne dører mot verda og framtida.
Respektlause og hatefulle ytringar skal ikkje aksepterast i skulen. Elevane må øvast i å opptre omsynsfullt og utvikle bevisstheit om eigne haldningar. Skulen skal fremje demokratiske verdiar og haldningar som motvekt mot fordommar og diskriminering. Skulen skal òg skape respekt for at menneske er ulike, og elevane skal lære å løyse konfliktar på ein fredeleg måte.
Gjennomføringsmål 4 a
Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevenlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle.
Samarbeid og samhandling mellom tenestene til utsette barn og unge er ikkje alltid godt nok til at alle barn får den hjelpa dei har krav på. For å løyse denne komplekse samfunnsutfordringa må samarbeidet auke på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Sju av fagdepartementa som jobbar tett med tenestene til utsette barn og unge, har etablert ein struktur for samarbeid og samordning av den samla innsatsen departementa gjer for målgruppa. Denne strukturen blir kalla Kjernegruppa for utsette barn og unge. Formålet med kjernegruppa er å få til betre samordning ved utvikling og forvaltning av politikkområdet, både i utgreiings-, avgjerds- og iverksetjingsfasen. Kjernegruppa blir leia av ei samarbeidsgruppe av toppleiarar i dei sju deltakande departementa. For meir omtale sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet.
Regelverket på opplæringsområdet er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unge ei trygg og likeverdig opplæring av høg kvalitet, uavhengig av kven dei er eller kvar dei bur. Barnehagelova og opplæringslova inneheld reglar som skal sikre at alle barn og elevar har det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Å skape inkluderande og trygge fellesskap for alle og at alle former for diskriminering skal motarbeidast, er verdiar som vi finn både i læreplanverket for grunnopplæringa og i rammeplanane for barnehage og SFO. Dei vaksne skal gi tillit, tryggleik og omsorg, og mangfald skal verdsetjast som ein ressurs.
Eit stort fleirtal av elevane rapporterer gjennom Elevundersøkinga at dei har et godt læringsmiljø med høg trivsel, støtte frå lærarane, fagleg utfordring og meistring. Samstundes har det gjennom fleire år vore ein svak nedgang i trivsel og motivasjon for elevar på mellomtrinnet. Men ikkje alle har det trygt og godt. Tal frå 2021 viste at 5,9 pst. av elevane opplever at dei blir mobba 2–3 gongar i månaden eller oftare. Det tilsvarande talet var 5,8 pst. i 2020 og 6,0 pst. i 2019. Meir omtale av tiltak mot mobbing og for eit trygt og godt skulemiljø finst under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
I juni 2020 blei det gjort endringar i barnehagelova for at barn i barnehage skal få eit betre psykososialt barnehagemiljø. Lovføresegnene inneber at alle barnehagar skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle barn, og som skal førebygge tilfelle der barn ikkje opplever at dei har dette. Barnehagane skal ha nulltoleranse for mobbing, og ikkje godta krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Vidare er det innført ei aktivitetsplikt som viser kva dei som arbeider i barnehagen skal gjere for å fange opp og følge opp barn som ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.
Regjeringa vil legge fram ein strategi med mål om å sikre at elevar med nedsett funksjonsevne skal få eit betre og likeverdig tilbod i vidaregåande opplæring. Strategien er del av oppfølginga av fullføringsreforma. Elevar med nedsett funksjonsevne er ei samansett elevgruppe med ulike utfordringar. For å lykkast med å møte behova elevane har, er det nødvendig å tenke nytt og langsiktig.
Alle barn og unge som kjem til Noreg, skal få moglegheit til å leve eit trygt og godt liv i den tida dei er i landet. Barn som kjem til Noreg, skal få eit opplæringstilbod så raskt som mogleg. Regjeringa vurderer fortløpande kva tiltak som trengst for å sikre gode tilbod til barn, unge og studentar som følge av krigen i Ukraina. Sjå nærare omtale i kap. 12 Konsekvensar av krigen i Ukraina.
Gjennomføringsmål 4 b
Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ansvaret for å administrere ordninga Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART). NORPART støttar samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet. Det overordna målet med programmet er å styrke kvaliteten i høgare utdanning i Noreg og dei 40 landa i Afrika, Asia og Latin-Amerika som er ein del av ordninga gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet. Til den siste utlysinga av NORPART i mai 2021 kom det 151 søknader og HK-dir har tildelt cirka 200 mill. kroner fordelt på 28 prosjekt. I denne runden har prosjekta også kunna søke om finansiering av studentar frå partnarinstitusjonane i det globale sør som tek ein heil mastergrad i Noreg. Programmet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet. Sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 272, post 51.
Gjennomføringsmål 4 c
Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar.
Tal frå Grunnskulens informasjonssystem (GSI) viser at 4,1 pst. av årsverka til den planlagde undervisninga ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i skuleåret 2021–22. Samstundes auka årsverka med godkjend kompetanse med over 300. Nærare omtale av mellom anna framtidig behov for lærarar finst i kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Statistikk frå SSB viser at lærarar utan lærarutdanning utgjorde 20 pst. av avtalte årsverk i vidaregåande skule i 2021. Merk at tala for grunnskulen og vidaregåande skule bygger på kjelder med ulike definisjonar og derfor ikkje kan samanliknast. Regjeringa endra i 2022 på opptakskrava til grunnskulelærar- og lektorutdanningar slik at fleire vil vere kvalifiserte for desse utdanningane frå opptaket i 2022. Eit alternativt opptakskrav gjer det mogleg å kome inn på desse lærarutdanningane med 40 skulepoeng og minimum karakteren 3 i fellesfaget matematikk og 3 i norsk. Det opnar utdanningane for dei som har styrken sin i andre fag enn matematikk. Utrekningar frå Samordna opptak syner at 1 038 studentar kvalifiserte seg for lærarutdanning etter dei nye krava i 2022.
For å sikre eit godt studietilbod over heile landet bad regjeringa Nord universitet om å etablere barnehage- og grunnskulelærarutdanning på Nesna frå 2022. Dette er viktig for Helgeland og Nord-Noreg. Nord universitet fekk i 2022 auka rammeløyvinga med 60 mill. kroner for å dekke meirkostnadene ved å reetablere og bygge opp desse utdanningane. Det var 72 kvalifiserte førstevalssøkarar til Nesna i 2022, og 82 fekk tilbod om studieplass.
Sidan 2017 har Kunnskapsdepartementet tildelt 96 mill. kroner i støtte til rekruttering til lærarutdanningane og kvalifisering av dei som arbeider i undervisningsstilling i skulen utan å ha fullført lærarutdanning. Høgskulen på Vestlandet har ansvaret for eit nasjonalt prosjekt for rekruttering særleg til grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og barnehagelærarutdanning med vekt på å rekruttere menn og personar med innvandrarbakgrunn. Det er også gode ordningar for sletting av studielån for dei som tek lærarutdanning og arbeider i skulen etterpå.
Gjennom programmet NOTED – Norwegian Partnership Programme for International Teacher Education støttar regjeringa utdanningssamarbeid og studentutveksling mellom lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet. Programmet er særleg retta mot femårige grunnskulelærarutdanningar, men andre lærarutdanningar kan bli inkluderte i prosjekt dersom dei samla sett medverkar til å heve kvaliteten i grunnskulelærarutdanningane. Programmet har blitt støtta med 10 mill. kroner i året sidan 2017. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som forvaltar programmet. Departementet tilrår å avvikle NOTED-programmet frå og med 2023, sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 272, post 51.
I 2022 er det sett i gang arbeid med å gjere rammeplanane for alle lærarutdanningane meir overordna. Det er også sett i gang arbeid med ei stortingsmelding om profesjonsutdanning. Begge desse prosessane skal legge til rette for positiv vidareutvikling av lærarutdanningane i Noreg.
I 2021 fekk 8 100 lærarar i skule og barnehage tilbod om å ta vidareutdanning, medan det i 2022 blei gitt tilbod til 6 700. I 2023 foreslår regjeringa løyvingar som gir rom for at om lag 7 700 lærarar i skule og barnehage skal få tilbod om å ta vidareutdanning.
Delmål 9.5
Styrkje vitskapleg forsking og oppgradere teknologien i næringslivssektorane i alle land, særleg i utviklingsland, mellom anna ved – innan 2030 – å stimulere til innovasjon, auke talet på tilsette (per million innbyggjarar) vesentleg innanfor forskings- og utviklingsverksemd og vesentleg auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling.
Berekraftsmåla spelar ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet, og universiteta og høgskulane er sentrale i arbeidet med å nå berekraftsmåla. Noreg treng både verdsleiande fagmiljø og høg kvalitet i heile breidda av forsking og høgare utdanning for å utvikle og ta i bruk ny kunnskap for verdiskaping, omstilling og berekraft. Berekraftagendaen er teke inn i måla i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032) og set tydeleg preg på dei tematiske prioriteringane, mellom anna klima, miljø og energi.
EU har auka satsinga på forsking og innovasjon som skal fremje grøn omstilling og berekraft, både gjennom rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027), og gjennom samarbeidet om politikkutvikling og koordinering av forskingsinnsatsen i EU og dei europeiske landa gjennom Det europeiske forskingsområdet (ERA). Norske forskings- og innovasjonsaktørar deltek i Horisont Europa på lik linje med aktørar frå EUs medlemsland, og har så langt gjort det godt i utlysingar som gjeld grøn omstilling og berekraft. Noreg deltek òg aktivt i ERA-arbeidet. Internasjonalt kunnskapssamarbeid med strategisk viktige kunnskapsnasjonar utanfor EU/EØS-området er vareteke gjennom oppfølging av Panorama-strategien (2021–2027). Partnarskapsprogramma UTFORSK og INTPART bidreg til å styrke samarbeidet med dei prioriterte landa innan utdanning og forsking.
Noreg har eit verkemiddelapparat for næringsutvikling som skal fremje forsking, utvikling og innovasjon i næringslivet innanfor berekraftige rammer. Det grøne skiftet og berekraft står sentralt i arbeidet med å styrke forsking og utvikling i næringslivet. Berekraft er vektlagt i generelle ordningar og gjennom målretta verkemiddel for klima- og miljøvennlege løysingar. Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Enova, Gassnova, Siva og Nysnø er nokre av aktørane som har verkemiddel som bidreg til grøn omstilling.
Delmål 12.8
Innan 2030 sikre at alle menneske i heile verda har relevant informasjon om og forståing av berekraftig utvikling og eit levesett som er i harmoni med naturen.
Skulen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit. Elevane skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skulen skal legge til rette for at elevane kan forstå grunnleggande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis dei kan handterast. Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og sikre behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekke sine behov. Ei berekraftig utvikling bygger på forståinga av samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Levesettet og ressursbruken til menneska har konsekvensar lokalt, regionalt og globalt.
Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den einskilde betyr noko. Temaet rommar problemstillingar knytte til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.
Delmål 14a
Styrkje vitskapleg kunnskap, bygge opp forskingskapasitet og overføre marin teknologi – og samtidig ta omsyn til kriterium og retningslinjer frå Den mellomstatlege oseanografiske kommisjonen for overføring av marin teknologi – med sikte på å betre tilstanden i havet og auke bidraget frå det marine artsmangfaldet til utviklinga i utviklingslanda, særleg i små utviklingsøystatar og dei minst utvikla landa.
Noreg er ein sterk havforskingsnasjon, og aktørar frå heile sektoren bidreg til å styrke den vitskaplege kunnskapen om havet og bygge opp forskingskapasitet på feltet. Kunnskapsdepartementet bidreg ikkje minst gjennom basisløyvinga til institusjonane. Kunnskapsdepartementet følger opp Noregs medlemskap i UNESCOs mellomstatlege havforskingskommisjon (IOC). Departementet bidreg med 1,5 mill. kroner for å støtte IOC i deira koordinering og gjennomføring av FNs tiår for havforsking for ei berekraftig utvikling, noko som i stor grad kjem utviklingsland til gode. Universitetet i Bergen er vert for eit av IOCs senter i nettverket Ocean Teacher Global Academy. Her får studentar frå heile verda moglegheit til å følge kurs som er relevante for berekraftsmål 14.
Den nasjonale oppfølginga av havforskingstiåret har Forskingsrådets havsekretariat ansvaret for. Dette sekretariatet blir finansiert av Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet.
10 Fornye, forenkle og forbetre
Kunnskapsdepartementet jobbar kontinuerleg med tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i sektoren. I dette kapittelet blir dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie, presenterte. I tillegg er det mykje kontinuerleg arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av utviklinga av den ordinære verksemda.
Tillitsreform – betre velferd og tenester til innbyggarane
Tillitsreforma er eit felles prosjekt for regjeringa, jf. omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Målet med reforma er å gi brukarar og innbyggarar betre velferd og betre tenester gjennom å la dei tilsette få større moglegheit til å bruke profesjonen sin til å utøve oppgåvene. Reforma skal utviklast nedanfrå, og det einskilde departementet skal utvikle og setje i verk reforma i sine sektorar saman med partane, organisasjonane og leiinga i verksemder. Tillitsreforma gjeld heile offentleg sektor, både staten og kommunesektoren, og i kunnskapssektoren gjeld reforma alle område frå barnehagar til høgare utdanning og forsking. Kunnskapsdepartementet er i dialog med aktørane i sektorane om reforma.
For å nå måla med tillitsreforma må tilsette få meir tid til barn, unge og studentar og til kjerneoppgåvene sine. Kompetansen til dei tilsette skal bli brukt betre. Samarbeidet mellom partane må òg styrkast. Mål- og resultatstyringa skal vidareutviklast. Styresmaktene skal setje færre detaljerte mål og aktivitetskrav og i størst mogleg grad unngå detaljerte statlege føringar, reglar, standardar og liknande. Det er sett færre overordna sektormål frå 2023, sjå figur 1.1.
Dei fleste barnehage- og grunnopplæringstenestene blir ytte i kommunesektoren. Departementet arbeider i to spor med tillitsreforma. Hovuddelen av tillitsreforma skal skje lokalt og nedanfrå. I det lokale sporet blir god samhandling mellom barnehage- og skuleeigarar og dei einskilde barnehagane og skulane viktig. Forsøk, utviklingsprosjekt og pilotar vil vere ein viktig del og ha særleg merksemd i arbeidet. Sjå òg omtale om forslag til løyvingar under kap. 226, post 21.
I det statlege sporet vil reforma vere ein integrert del av regjeringas satsingar og arbeid for barnehagar og grunnopplæringa i kommunesektoren. Nye statlege satsingar skal ha som eit utgangspunkt at dei som arbeider i direkte møte med barn og unge, skal ha metodeansvar og fagleg handlingsrom og styrke det lokale sjølvstyret til kommunale styresmakter.
Regjeringa har allereie fjerna prioriteringa av einskilde fag i vidareutdanningstilbodet for lærarane og lagt til rette for ei jamnare fordeling av vidareutdanningsplassane mellom faga. Dette gjer at lokale prioriteringar kan vektleggast meir enn tidlegare.
Det er fleire område av statens styring som bør bli gjennomgått som del av tillitsreforma. Regjeringa har sett ned eit partssamansatt offentleg utval som mellom anna skal gå gjennom bruken av prøvar, verktøy og datakjelder (kvalitetsutvalet). Deira forslag vil kunne bidra til meir lokal fagleg pedagogisk kvalitetsutvikling og redusere detaljstyring og krav til rapportering og dokumentasjon.
Universitets- og høgskulesektoren har stor grad av fagleg autonomi og institusjonelt sjølvstyre. Samstundes kan autonomi og sjølvstyre vere under press når stadig fleire forskrifter, standardar, rapporteringskrav og kontrollorgan kjem til. Summen kan ta bort tida frå utdanning og forsking.
Det statlege sporet for tillitsreforma i høgare utdanning og forsking inneber at reforma inngår i utviklingsarbeidet til regjeringa. Mellom anna vil måla for tillitsreforma bli tekne med i arbeidet med ny universitets- og høgskulelov. Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Utvalet tilrår å forenkle systemet for den resultatbaserte utteljinga og i staden legge større vekt på utviklingsavtalane i styringa. Regjeringa vil sjå den vidare oppfølginga av finansieringssystemet i lys av tillitsreforma, sjå nærare omtale i kap. 13. Kunnskapsdepartementet vil frå 2023 oppheve tidlegare øyremerkingar til rekrutteringsstillingar og gi institusjonane fridom til sjølv å vurdere fordelinga av dei tilsette på ulike stillingar.
Frå og med 2023 fjernar departementet dei felles nasjonale styringsparametrane for universitetet og høgskular. Styringa vil bli meir basert på utviklingsavtalane med dei einskilde statlege institusjonane. Tilskotsforvaltninga vil følge opp dei same omsyna for dei private høgskulane.
Regjeringa vil ikkje knyte finansiering til utviklingsavtalane med dei statlege universiteta og høgskulane. Avtalene skal vere eit verktøy for å forbetre styringa og måloppnåinga til institusjonane innanfor dei budsjettrammene som gjeld til kvar tid, ikkje for å fastsetje rammene.
Vidare blir det gjort eit arbeid med meir overordna rammeplanar for lærarutdanningane som kan gi mindre detaljstyring av fagleg arbeid. Prosessen med dei nye rammeplanen har tre–fire-årsperspektiv.
Opplæringslov med klarare språk og meir oversiktleg inndeling
Regjeringa er i gang med ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova. Lova er 23 år gammal. Etter fleire reformer og mange lovendringar er lova blitt oppstykka, omfattande og vanskeleg å finne fram i. Det er derfor ønskeleg at ny opplæringslov har klarare språk og ei meir oversiktleg inndeling enn den noverande lova. Det kan gjere lova enklare å finne fram i og forstå. Forslag til ny opplæringslov skal etter planen leggast fram våren 2023.
Feide – sikker pålogging i grunnopplæringa
I dei siste åra er Feide innført som nasjonal fellesløysing for sikker pålogging til digitale læremiddel og tenester i grunnopplæringa. Påloggingstenesta til Feide har 1,3 mill. brukarar, er tilgjengeleg for 99,9 pst. av elevane i offentlege skular og registrerte 218 mill. påloggingar i 2021. Feide blir levert av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør, som samarbeider med Utdanningsdirektoratet om forvaltninga av tenesta.
Nytt digitalt prøve- og eksamenssystem i grunnopplæringa
Utdanningsdirektoratet er i gang med innkjøp og utvikling av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Systemet skal gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing. Prosjektet er forseinka på grunn av covid-19-pandemien, men sentrale funksjonar for eksamensavvikling vart fullførte våren 2022. Sjå meir omtale under kap. 226, post 45.
Ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring
Kunnskapsdepartementet skal vinteren 2022–23 legge fram ein ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur. Formålet er å konkretisere ambisjonane i Hurdalsplattforma om digitalisering og arbeide for at den digitale kompetansen til barn og unge blir utvikla betre, tryggare og med tettare kopling til sosial utvikling og fagleg læring. Den nye strategien vil erstatte den gjeldande strategien og handlingsplanen som gjeld ut 2022. Strategien skal gjelde for barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring i perioden 2023–30. Strategien skal fungere som eit overordna politisk styringsdokument for utvikling av digital kompetanse og gi retning for gode val for digitaliseringa fram mot 2030. Strategien blir utvikla i samarbeid med kommunal sektor og vil bidra til å styrke felles forståing og effektiv ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt nivå.
Utviklingsprosjekt i Lånekassen for å tilby meir fleksibel utdanningstøtte til vaksne
Lånekassen er det sentrale verkemiddelet for å stimulere til etterspurnad etter utdanning. Men utdanningsstøtteordningane er først og fremst laga for den tradisjonelle studenten i høgare utdanning, med utdanning som hovudaktivitet. I tråd med Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen, legg departementet no til rette for kort modulisert utdanning, meir tilpassa behova i arbeidslivet. Slik utdanning fell i dag utanfor utdanningsstøtteordningane. Frå 2024–25 skal vaksne i kort modulisert utdanning få tilgang til eit lån utan stipenddel, med løpande rente. Storleiken på lånet skal avhenge av omfanget av utdanninga i studiepoeng og ikkje kor lang tid ein brukar på utdanninga, slik det er i dag.
Ei slik omlegging krev utvikling av system i Lånekassen. Den nye ordninga inneber ei stegvis systemutvikling av datasystemet i Lånekassen, slik at økonomiske ytingar til kundane blir gjorde uavhengige av kalendertid. Dette gir fleksibilitet. Lånekassens IKT-system er ikkje utforma for å handtere endringar i struktur for utdanning og tilbod som går på tvers av dei tradisjonelle utdanningane i universitet, høgskular og fagskular i dag. Auka fleksibilitet set Lånekassen betre i stand til raskt å tilpasse seg ein utdanningsmarknad i kontinuerleg endring.
Døme på forenklingstiltak i Kunnskapsdepartementets underliggande verksemder
Som ei oppfølging av den første digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren 2017–21 blei det i 2018 etablert ein samstyringsmodell som skal sikre medverknad frå brukarane i strategiutvikling, tenesteutvikling og forvaltingsmodellar. Sentralt her er digitaliseringsstyret for høgare utdanning og forsking som mellom anna avgjer prioritering av brukarfinansierte fellesprosjekt. I digitaliseringsstyret sit representantar frå toppleiinga ved universitet og høgskular. I 2021 vedtok styret mellom anna å etablere ei felles datadelingsteneste, eit større arbeid med modernisering av Felles studentsystem (FS) og ei satsing på felles analyseplattform for informasjon til leiinga ved institusjonane og støtte til avgjerder.
Dersom samfunnet skal ha effektiv nytte av forskingsdata, som ikkje er underlagde teieplikt eller liknande, inneber det at data må vere tilgjengelege, gjenfinnelege, gjenbrukbare og kunne handterast maskinelt for andre brukarar enn dei einskilde forskarmiljøa som har samla inn data. Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er blant dei som arbeider med tekniske løysingar og arbeidsprosessar for forskingsdata som legg til rette for effektiv gjenbruk. Det er mellom anna viktig å innarbeide gode vanar blant forskarane. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har hatt ansvaret for ei utgreiingsgruppe som har kartlagt kva som i dag finst av infrastrukturar og tenester for forskarar som vil gjere sine data gjenbrukbare, og kva som manglar for at dei skal kunne gjere dette. Rapporten frå utgreiingsgruppa blei publisert 15. mars 2022.
Arbeidslivsportalen er ei brukarvenleg nasjonal teneste som reduserer manuelt arbeid ved studiestadane og betrar informasjonsflyten mellom praksisstadar, studiestadar og studentar. Tenesta er brukarfinansiert av universitet og høgskular og forvalta av Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt). Arbeidet med utrulling av tenesta har vore meir omfattande enn venta og har derfor dessverre blitt forseinka. Det har vore nødvendig med feilretting og forbetring av grunnleggande funksjonalitet.
11 Samisk
Regjeringa legg stor vekt på at Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld urfolks rettar, jf. Hurdalsplattforma. Kunnskapsdepartementet har hovudansvaret for desse tiltaka:
bidra til å utdanne fleire samisktalande lærarar, barnehagelærarar og helsearbeidarar og sikre nok samiske læremiddel av tilfredsstillande kvalitet
auke talet på samiske barnehageplassar
betre etablerte refusjonsordningar og etablere nye ordningar til kommunane for å styrke samisk språkopplæring og auke talet på språkberarar
Kunnskapsdepartementet har delansvar for dette tiltaket:
gjennomføre eit krafttak for samiske språk
Kommunal- og distriktsdepartementet har hovudansvaret for det samiske feltet i samarbeid med Sametinget. Det meste av løyvingane til det samiske feltet går over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, men nokre øyremerkte tilskot går over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, jf. omtale nedanfor.
Mangelen på kompetanse i samisk språk og kultur er eit problem. Språkutvalet, Riksrevisjonen og forskingsinstituttet NORCE peikar alle på at det er særleg stor mangel på samisklærarar. Den låge rekrutteringa til lærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga og lekkasjen av lærarar til andre yrke er ein del av utfordringa. Det mest alvorlege er det store tapet av elevar frå samiskundervisninga, ei utvikling som må bli snudd for å sikre fagkompetanse i framtida. Regjeringa har bestemt at den neste stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv skal handle om rekruttering og kompetanse i barnehagar, grunnopplæringa og høgare utdanning. Etter planen skal meldinga leggast fram våren 2023.
Nedanfor gir Kunnskapsdepartementet ei oversikt over størsteparten av det som gjeld det samiske i kunnskapssektoren, frå barnehage til høgare utdanning og forsking. Det blir også vist til nærare omtale i andre delar av Prop. 1 S, mellom anna omtale i del III, kap. 9 Oppfølging av FNs berekraftsmål 4, der delmål 4.5 gjeld lik tilgang til utdanning og yrkesfagleg opplæring for mellom anna urfolk.
Barnehage
Rammeplanen
Forskrifta om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver gjeld frå 1. august 2017 og er publisert på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Rammeplanen gjeld for alle barnehagar i Noreg og seier mellom anna dette om tilbodet til samiske barn:
Noreg har, med bakgrunn i dei særlege rettane til urfolk, ei særleg plikt til å verne om interessene til samiske barn og foreldre, jf. Grunnlova § 108, barnekonvensjonen art. 30 og ILO-konvensjonen. Samiske barn i barnehage skal få støtte til å bevare og utvikle språket sitt, kunnskapen sin og kulturen sin uavhengig av kvar i landet dei bur.
Samiske barnehagar skal fremje den samiskspråklege kompetansen, styrkje den samiske identiteten og vidareføre dei samiske verdiane, den samiske kulturen og den samiske tradisjonskunnskapen. I samiske barnehagar er samisk hovudspråket. Barnehageeigaren skal vedtektsfeste at barnehagen har som formål å styrkje barnas identitet i eit barnehagemiljø med samisk språk og samisk kultur. Barnehagetilbodet skal vere ein integrert del av det samiske samfunnet. Det er ein føresetnad at personalet kan samisk og har kunnskap om samisk kultur.
Kommunen har ansvar for at barnehagetilbodet til samiske barn i samiske distrikt byggjer på samisk språk og kultur.
Tilskot
Kunnskapsdepartementet administrerte fram til 2019 eit øyremerkt tilskot over kap. 231 Barnehagar, post 50 Tilskot til samiske barnehagetilbod. Tilskotet kunne nyttast til utviklingsarbeid og prosjekt i samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar og barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring. For statsbudsjettet for 2019 var Sametinget og regjeringa samde om å etablere ei budsjettordning der overføringane til Sametinget i utgangspunktet blei samla på éin budsjettpost. Tilskotet over kap. 231, post 50 blei derfor rammeoverført til kap. 560 Samisk språk, kultur og samfunnsliv, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv under det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I 2023 foreslår regjeringa å styrke dette tilskotet med 6,6 mill. kroner til tiltak for auka kompetanse for tilsette i samiske barnehagetilbod, dette i samsvar med Sametingets budsjettinnspel. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 560, post 50.
Oppmodingsvedtak
I samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen gjorde Stortinget oppmodingsvedtak nr. 796, 7. juni 2016:
Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.
For nærare omtale av dette vedtaket, sjå del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.
Statistikk
Tabellane nedanfor viser fordelinga av samiske barn i barnehage for perioden 2016–21.
Tabell 11.1 Barn i barnehagar med samisk tilbod, fordelte etter type tilbod
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Samisk barnehage | 522 | 573 | 547 | 538 | 588 | 565 |
Barnehage med samisk avdeling | 129 | 143 | 139 | 202 | 123 | 137 |
Barnehage med samisk språktilbod | 107 | 130 | 167 | 110 | 88 | 76 |
Totalt | 758 | 846 | 853 | 850 | 799 | 778 |
Kjelde: Sametinget
Tabell 11.2 Barn i barnehagar med samisk tilbod, fordelte etter språkbakgrunn
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Nordsamisk | 708 | 788 | 791 | 783 | 714 | 696 |
Sørsamisk | 31 | 34 | 30 | 35 | 53 | 54 |
Lulesamisk | 19 | 24 | 32 | 32 | 32 | 28 |
Totalt | 758 | 846 | 853 | 850 | 799 | 778 |
Kjelde: Sametinget
Grunnopplæringa
Læreplanverket for grunnopplæringa
Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) og læreplanverket for Kunnskapsløftet samisk (LK20S) er frå hausten 2022 tekne i bruk for alle dei tretten trinna i grunnopplæringa. Dette er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006, og læreplanverket skal bidra til eit verdiløft i skulen og til å ruste elevane best mogleg for framtida. I åra 2020–22 blei det løyvd 15 mill. kroner ekstra til utvikling og tilpassing av samiske læremiddel på grunn av fagfornyinga. 2022 var i utgangspunktet siste året for denne ekstraløyvinga, men på grunn av stort behov foreslår regjeringa å løyve 6 mill. kroner til Sametinget over kap. 226, post 21 også i 2023.
Tilskotsordningar
Kunnskapsdepartementet administrerte fram til 2019 eit øyremerkt tilskot over kap. 223 Sametinget, post 50 Tilskot til Sametinget. Tilskotet gjaldt finansiering av utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av ordinære og tilrettelagde læremiddel på samiske språk, arbeid med samiske læreplanar og råd og rettleiing om samisk opplæring. For statsbudsjettet for 2019 var Sametinget og regjeringa samde om å etablere ei budsjettordning der overføringane til Sametinget i utgangspunktet blei samla på éin budsjettpost. Tilskotet over kap. 223, post 50 blei derfor rammeoverført til kap. 560 Samisk språk, kultur og samfunnsliv, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv under det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 560, post 50.
Kunnskapsdepartementet administrerer eit øyremerkt tilskot over kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester som mellom anna gjeld drifta av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal, som tilbyr fjernundervisning og språksamlingar for grunnskule og vidaregåande skule, Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. Målet med løyvinga er å medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur.
I 2022 er det gitt ei startløyving til arbeidet med å bygge eit nytt samlokalisert bygg i Kautokeino for Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule og Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš. Løyvinga er gitt over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Kunnskapsdepartementet administrerer eit øyremerkt tilskot over kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa, post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa. Posten gjeld tre tilskotsordningar:
Samiskopplæring i grunnskulen
Samiskopplæring i vidaregåande opplæring
Studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i heile grunnopplæringa og rekrutteringsstipend for lærarstudentar
Regjeringa vil gjennomføre eit krafttak for samisk språk. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å auke tilskotet til samisk i grunnopplæringa med 17,5 mill. kroner. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 225, post 63.
Kunnskapsdepartementet administrerer eit øyremerkt tilskot over kap. 227 Tilskot til særskilde skular, post 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, der delar av løyvinga går til drifta av dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv med tilhøyrande internat. Skulen i Snåsa gir opplæring på sørsamisk, medan skulen i Målselv gir opplæring på nordsamisk. Skulane har heile landet som opptaksområde. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 227, post 63.
Statistikk
Tabell 11.3 Elevar med samisk språk i grunnskulen, 1.–10. trinn
2018–19 | 2019–20 | 2020–21 | 2021–22 | |
---|---|---|---|---|
Elevar med nordsamisk som førstespråk | 892 | 893 | 943 | 951 |
Elevar med nordsamisk som andrespråk 2 | 733 | 694 | 728 | 769 |
Elevar med nordsamisk som andrespråk 3 | 543 | 594 | 637 | 557 |
Elevar med lulesamisk som førstespråk | 34 | 33 | 33 | 33 |
Elevar med lulesamisk som andrespråk 2 | 50 | 46 | 56 | 56 |
Elevar med lulesamisk som andrespråk 3 | 31 | 30 | 24 | 20 |
Elevar med sørsamisk som førstespråk | 26 | 28 | 35 | 25 |
Elevar med sørsamisk som andrespråk 2 | 69 | 59 | 50 | 61 |
Elevar med sørsamisk som andrespråk 3 | 16 | 23 | 16 | 20 |
Kjelde: Grunnskulens informasjonssystem (GSI), Utdanningsdirektoratet
Tabell 11.4 Talet på elevar ved dei tre samiske tilboda i Hattfjelldal, Karasjok og Kautokeino
2018–19 | 2019–20 | 2020–21 | 2021–22 | |
---|---|---|---|---|
Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal | 47 | 60 | 86 | 148 |
Samisk vidaregåande skule i Karasjok | 110 | 96 | 106 | 121 |
- Fjernundervisning ved skulen i Karasjok | 31 | 56 | 51 | 65 |
Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino | 86 | 86 | 95 | 92 |
- Fjernundervisning ved skulen i Kautokeino | 9 | 33 | 63 | 55 |
Kjelde: Grunnskulens informasjonssystem (GSI), Utdanningsdirektoratet
Høgare utdanning og forsking
For høgare utdanning og forsking inngår midlar til samiske formål i rammeløyvingane til Samisk høgskole, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Nord universitet. For Samisk høgskole gjeld heile rammeløyvinga samiske formål. For dei to sistnemnde er det viktig å vere klar over at på begge institusjonane er det mange bachelor-, master- og ph.d.-oppgåver og mykje forsking som handlar om samiske spørsmål også på fag som ikkje har samisk i namnet.
I tillegg har Noregs forskingsråd midlar til samisk forsking over kap. 285, post 52, i hovudsak til portefølje for samisk. Porteføljen omfattar grunnforsking om samiske problemstillingar innanfor humaniora og samfunnsvitskap og naturvitskapleg forsking innanfor helse og klima og miljø med direkte tilknyting til humaniora og samfunnsvitskap. Formålet er å bidra til å vareta Noregs ansvar for å utvikle ny, forskingsbasert kunnskap for å sikre og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Det er få som har tilstrekkeleg kompetanse i samisk frå vidaregåande opplæring til å klare høgare utdanning på samisk, og det gjer det vanskeleg å rekruttere nok studentar til samiske lærarutdanningar og utdanningar i samisk språk og kultur. Nedanfor følger ei oversikt over talet på kandidatar som fullførte studieprogram i samisk- og urfolksspørsmål i 2020 og 2021. Mange studieprogram i og på samisk har ikkje opptak kvart år – dels på grunn av kapasitet, dels på grunn av få søkarar. Kandidattala vil derfor variere frå år til år både i tal og i aktuelle studieprogram. Nokre relevante studieprogram utan kandidatar i 2020 og 2021 er omtala nedanfor tabellen.
Tabell 11.5 Kandidatar frå samisk- og urfolksstudium i 2020 og 2021
Universitet / høgskule | Studieprogram | Kandidatar | |
---|---|---|---|
2020 | 2021 | ||
UiT– Noregs arktiske universitet (UiT) | Master i språk – studieretning samisk | 2 | 2 |
UiT | Indigenous Studies (master, gitt på engelsk) | 9 | 8 |
UiT m/U. of Saskatchewan | Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas (master) | 6 | 3 |
Samisk høgskole / Sámi allaskuvla (SA) | Barnehagelærarutdanning (bachelor) | 7 | |
SA | Grunnskulelærarutdanning (master) for 1.–7. trinn | 4 | 3 |
SA | Grunnskulelærarutdanning (master) for 5.–10. trinn | 6 | 3 |
SA | Reindriftsstudium (bachelor) | 1 | |
SA | Samisk språk og litteratur (bachelor) | 3 | |
SA | Samisk språk og litteratur (master) | 1 | |
SA | Duodji (trad. kunst og kunsthandverk, bachelor) | 3 | |
SA | Journalistutdanning (bachelor) | 3 | |
SA | Journalistikk (master) | 1 | 1 |
Nord universitet (NU) | Bachelor i lulesamisk | 1 | 2 |
NU | Årskurs (60 studiepoeng) i lulesamisk | 1 | 2 |
Kjelde: HK-dir, Database for høgare utdanning
Nord universitet starta grunnskulelærarutdanningar i sørsamisk og lulesamisk i 2018 og 2019, og dei første kandidatane vil etter planen fullføre i høvesvis 2023 og 2024. Hausten 2021 starta Nord universitet òg opp arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning med sørsamisk og lulesamisk profil. Utdanninga er på deltid over fire år. Det at ho er arbeidsplassbasert, inneber at studentane arbeider i barnehagen der dei er tilsette, medan dei studerer. Studentane har samlingar i Levanger eller Bodø. Dei første kandidatane vil etter planen fullføre i 2025.
Studentar som har teke minst 60 studiepoeng i eit samisk språk som del av eller i tillegg til ei lærarutdanning, kan få ettergitt lån i Lånekassen med inntil 50 000 kroner. Målet er å rekruttere fleire lærarar med kompetanse i samiske språk. I 2020 var det 18 personar som fekk ettergitt til saman 0,9 mill. kroner på dette grunnlaget.
I januar 2021 starta UiT opp samisk sjukepleiarutdanning i Kautokeino i samarbeid med Samisk høgskole. Utdanninga er på deltid over fire år. I tillegg fastsette departementet i 2021, som del av RETHOS-prosjektet, forskrift om retningslinje for samisk sjukepleiarutdanning. Sjå omtale under kap. 275, post 21.
I tildelinga på kap. 285 Noregs forskingsråd, post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking, inngår støtte til porteføljen for samisk. Porteføljen gjeld grunnforsking om samiske problemstillingar innanfor humaniora og samfunnsvitskap og naturvitskapleg forsking innanfor helse, klima og miljø som er knytt direkte til humaniora og samfunnsvitskap. Sjå omtale i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285, post 52.
12 Konsekvensar av krigen i Ukraina
Bakgrunn
Russlands åtak på Ukraina våren 2022 har ført til at Noreg har motteke mange fordrivne. Tal frå Utlendingsdirektoratets nettside viser at per 14. september 2022 har 26 833 ukrainarar søkt om asyl. 8 911 av dei er barn. Nedanfor følger ei oversikt over løyvingar og status for tilboda innanfor barnehage, grunnopplæringa og høgare utdanning.
Generelt er det stor uvisse om situasjonen i Ukraina og kor mange fordrivne som vil kome til Noreg. Regjeringa følger situasjonen tett. Regjeringa har planlagt for og er førebudd på at det skal kunne kome fleire fordrivne frå Ukraina enn dei som er komne til no. Regjeringa vurderer fortløpande kva tiltak som trengst for å sikre gode tilbod til barn, unge og studentar som følge av krigen i Ukraina. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, del III.
Barnehagetilbodet
Familiar frå Ukraina som er busette i ein kommune, kan søke om barnehageplass for barna sine på lik linje med andre innbyggarar i kommunen. Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod.
Tal frå kommunane som deltok i ei spørjeundersøking gjennom Statsforvaltaranes Fellestenester (STAF) i september 2022, tilseier at dei aller fleste barna i alderen 0–6 år frå Ukraina har fått tilbod om plass i barnehage, og at dei fleste også bruker tilbodet.
I barnehagelova er det innført to mellombelse forskriftsheimlar slik at mellombels barnehagar og barnehageplassar kan godkjennast dersom det kjem mange fleire barn.
Grunnopplæring for barn og unge frå Ukraina
Løyvingar som gjeld grunnopplæringa
Regjeringa fremja 1. april ein proposisjon til Stortinget med endringar i statsbudsjettet for 2022 under ei rekke departementsområde, med forslag om økonomiske tiltak som følge av krigen i Ukraina, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet og Forsvarsdepartementet (økonomiske tiltak som følge av krigen i Ukraina). Som følge av dette blei mellom anna tilskotet som kommunane og fylkeskommunane får til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg, auka med 86,5 mill. kroner. Årsaka til dette er høgare anslag for talet på elevar som utløyser tilskot som følge av krigen i Ukraina. Det blei i tillegg løyvd 40 mill. kroner til omsetjing og utvikling av pedagogisk barnehagemateriell og læremiddel. Vidare blei det løyvd 10 mill. kroner til Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) for å tilpasse og styrke tilbodet til nykomne barn, unge og vaksne frå Ukraina. NAFO skal mellom anna utvikle eit fjernundervisningstilbod og andre ressursar og digitale løysningar.
Grunnskuletilbodet
Barn i grunnskulealder har etter opplæringslova rett på opplæring så raskt som mogleg etter at dei kjem til Noreg. Fristen for når barn i grunnskulealder skal få eit fullverdig opplæringstilbod der alle krava i opplæringslova blir følgde, er mellombels utvida frå éin til tre månader. Dette skal bidra til at kommunane også kan busetje fordrivne frå Ukraina ved stor tilstrøyming. Samstundes skal kommunane så snart som råd starte opplæringa sjølv om tilbodet ikkje er fullverdig.
Ukrainske barn som er i Noreg, har på same måte som andre barn både rett og plikt til opplæring i norsk skule etter norske læreplanar. Plikta til å delta i grunnskuleopplæring for det einskilde barn trer inn når opphaldet i Noreg har vart i tre månader.
Kommunane som deltok i STAF-spørjinga i september 2022, rapporterer at nesten alle barn i grunnskulealder frå Ukraina har eit skuletilbod som dei bruker.
Tilbodet innanfor vidaregåande opplæring
Ungdom som har fullført grunnskule eller tilsvarande, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Reglar om inntak er fastsette i forskrift til opplæringslova. Som hovudregel er fristen 1. mars, men fylkeskommunen kan òg ta omsyn til søknader som kjem inn for seint. Departementet er i dialog med fylkeskommunane, og dei har alle planar for å kunne gi tilbod om opplæring frå starten av skuleåret 2022–23. Nokre har òg starta eigne innføringstilbod våren 2022 eller teke elevar inn i ordinære klassar.
Det har førebels ikkje kome mange ukrainske ungdommar i alderen 16–19 år til Noreg. Det er derfor ikkje no behov for å gjere endringar i reglane om inntak til vidaregåande opplæring. Om det kjem svært mange ungdommar i alderen 16–19 år, kan det òg vere aktuelt med andre tiltak for å stimulere fylkeskommunane til å gi tilbod raskt fram til dei får rett til vidaregåande opplæring, eller andre endringar i opplæringslova. Slike tiltak og endringar blir vurderte i samråd med fylkeskommunane.
Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
Krigen i Ukraina får konsekvensar også for sektor for høgare utdanning og forsking i Noreg. Med nokre få unntak er alt bilateralt samarbeid mellom norske og russiske styresmakter sett på vent, og berre dei kritiske delane av samarbeidet er haldne ved lag. Dette inneber at Kunnskapsdepartementet har suspendert dialogen med russiske styresmakter. Samstundes er det viktig å ta vare på kunnskapssamarbeid på tvers av landegrenser som ein open kommunikasjonskanal i tider då bilaterale relasjonar er kjølige. Regjeringa har derfor ikkje innført akademisk boikott av Russland, men oppmoda institusjonane til å legge institusjonelt samarbeid på is. Samstundes er institusjonane oppmoda til å vidareføre forskar-til-forskar-samarbeid.
Regjeringa oppretta i 2022 ei stipendordning for ukrainske, russiske og belarusiske studentar som var i Noreg før krigen starta. Ordninga gjeld studentar som sjølve finansierer studieopphaldet, og som mista tilgangen til finansieringa si på grunn av krigen. I 2023 vil ordninga bli vidareført berre for ukrainske studentar. Ordninga omfattar ikkje studentar som har vanlege rettar gjennom Lånekassen.
Stortinget vedtok i 2022 økonomiske tiltak som følge av krigen i Ukraina, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Tiltaka omfatta òg midlar tilsvarande eit opptak av om lag 1 000 studentar for at flyktningar skulle kunne starte eller halde fram med høgare utdanning. Løyvinga er førebels og skal fasast ut med normal studieprogresjon eller dersom plassane ikkje blir brukte. Førebelse tal på studentar som har fått tilbod i tråd med dette tyder på at behovet i 2023 kan vere lågare. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga tilsvarande 500 plassar. Regjeringa vil kome tilbake i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 med forslag om å justere løyvinga opp igjen, inntil 1 000 plassar, dersom talet på studentar blir høgare, og justere ned løyvinga dersom studieplassane ikkje blir brukte.
På bakgrunn av situasjonen i Ukraina har Kunnskapsdepartementet vedteke mellombelse endringar i reglane for opptak til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, for å gjere opptak av flyktningar i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning meir fleksibelt i studieåret 2022–23.
13 Finansieringssystemet for universitet og høgskular
Innleiing
Under Regjeringa Solberg sette Kunnskapsdepartementet ned eit ekspertutval 9. september 2021 for å gjennomgå finansieringa av universitet og høgskular. Utvalet fekk eit revidert mandat under Regjeringa Støre 5. november 2021. Regjeringa la vekt på at finansieringssystemet skal fremje det breie samfunnsoppdraget til lærestadane, vareta ein desentralisert struktur og bidra til betre studiekvalitet og livslang læring. Utvalet var leia av Siri Hatlen og hadde ei brei samansetjing med ekspertise og erfaring frå ulike fagfelt, roller og institusjonar i sektoren og frå forskingsinstitutt, næringsliv og politikk. Utvalet innhenta òg synspunkt frå relevante aktørar. Rapporten blei levert departementet 17. mars 2022 og send på høyring med frist 10. juni 2022. Gjennomgangen hadde eit breitt mandat om å vurdere heile finansieringa av universiteta og høgskulane som får finansiering frå Kunnskapsdepartementet, og sjå finansieringa i samanheng med andre verkemiddel, jf. Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler og Innst. 425 S (2020–2021). Gjennomgangen skulle særleg vurdere oppfølginga av to oppmodingsvedtak som Stortinget gjorde om finansieringssystemet i 2020, sjå kap. 3.
Hovudtrekk ved forslaga frå utvalet
Hatlen-utvalet foreslo å vidareføre hovudtrekka i systemet for fastsetjing av rammeløyvinga, men forenkle systemet for den resultatbaserte utteljinga. Utvalet foreslo at institusjonane framover skal få utteljing for endringane i gjennomførte studiepoeng og avlagde doktorgradar, men at det ikkje lenger blir gitt resultatbasert utteljing for endringane i uteksaminerte kandidatar, utvekslingsstudentar, publiseringspoeng eller eksterne inntekter. Endringane i indikatorane blei sett i samanheng med at utviklingsavtalene blir gitt ei tyngre rolle i styringa av sektoren. Vidare foreslo utvalet å redusere talet på finansieringskategoriar frå dagens seks til mellom to og fire, men overlét til Kunnskapsdepartementet å greie ut ei konkret avgrensing av kategoriane og storleiken på satsane.
Utvalet la vekt på at dagens system fører med seg fleire ulemper i styringa av sektoren. Når indikatorane omfattar mange, men ikkje alle oppgåvene og måla for universiteta og høgskulane, blir dei samla politiske prioriteringane utydelege. Område utan indikatorar kan bli nedprioriterte ut frå det som politisk sett er ønskeleg. Når indikatorane blir tolka som eit insentivsystem, blir plasseringa av ansvar mellom institusjonane og styresmaktene uklar. Institusjonane kan peike på departementet og fråværet av økonomiske insentiv som årsak dersom det er manglande resultat på nokre område, medan styresmaktene kan peike på institusjonane og deira sjølvstendige ansvar for måloppnåinga. Eit felles indikatorsystem for institusjonar med svært ulike profilar kan vidare føre til ei uønskt einsretting og eit redusert mangfald i sektoren.
Forslaget frå utvalet innebar at indikatorane for studiepoeng og doktorgradar skulle vere eit finansieringsverkemiddel innretta for å kanalisere ressursane på ein formålstenleg måte til institusjonane. Prioriteringar mellom mål for sektoren burde skje i den generelle styringsdialogen når det gjeld mål som er felles for sektoren, og elles i utviklingsavtalene med kvar institusjon. Insentivsystem som er meint å gi påskjøningar og stimulere motivasjonen til dei tilsette, burde bli utforma lokalt ved kvar institusjon og tilpassa deira utgangspunkt og mål og strategiar.
Nærare om einskilde tema og svar frå høyringa
Utviklingsavtalar
Hatlen-utvalet tilrådde ei tyngre vektlegging av utviklingsavtalane i styringa av sektoren, og la vekt på at det ville gi ei meir dialogbasert styring, meir transparent og målretta styring overfor kvar institusjon, og vareta mangfaldet i sektoren. Dette blei støtta av dei fleste høyringsinstansane. For å styrke effekten tilrådde utvalet vidare at avtalene skulle gi utslag i finansieringa. Utvalet tilrådde ikkje ei regelstyrt ordning med tillegg eller kutt i løyvingane basert på ei evaluering av oppfølginga av utviklingsavtalane, men tilrådde nokre andre alternative måtar som finansieringa kunne knytast til avtalane på. Det kunne skje i form av nye tildelingar eller øyremerkingar innanfor gjeldande ramme til gjennomføring av avtalane. Dei fleste høyringsfråsegnene støtta ikkje å knyte finansiering til avtalane.
Indikatorane for den regelstyrte utteljinga
Ingen av høyringssvara var negative til å vidareføre den resultatbaserte utteljinga for gjennomførte studiepoeng og avlagde doktorgradar. Med utgangspunkt i målet om å gjere det meir attraktivt å tilby vidareutdanningar var det også brei støtte for å avvikle kandidatindikatoren, men nokre få var uroa for om det ville gi redusert kvalitet i gradsstudiane og mindre merksemd om å få studentane til å fullføre. Hatlen-utvalet tilrådde primært ikkje andre endringar for å gjere det endå meir attraktivt å tilby vidareutdanningar i finansieringssystemet enn å fjerne kandidatindikatoren, men meinte at det i så fall burde skje gjennom eit påslag i satsen for studiepoeng i slike utdanningar. Nokre av høyringssvara støtta at satsane blei sett høgare for vidareutdanningar på grunn av meirkostnader, medan nokre peika på at det kan vere utfordrande å avgrense i statistikken dei fleksible tilboda som bør få høgare utteljing, og at det er behov for å innhente meir kunnskap.
Hatlen-utvalet frårådde å innføre ein indikator for arbeidslivsrelevansen i tilboda eller sysselsetjingsgraden for uteksaminerte studentar, og høyringsfråsegnene støtta dette eintydig. I tillegg til dei generelle argumenta for å forenkle systemet bygde tilrådinga på at relevansen for arbeidslivet er svært vanskeleg å måle, mellom anna fordi det er knytt til generiske ferdigheiter, og særleg når det gjeld relevansen for arbeidslivet i framtida. Ein indikator basert på sysselsetjing kan vanskeleg ta høgde for konjunktursvingingar og regionale omsyn.
Norsk studentorganisasjon, ANSA (Assosiation of Norwegian Students Abroad) og eit par institusjonar uttalte i høyringa at dei ønskte å vidareføre utteljinga for utvekslingsstudentar. Dei fleste høyringsfråsegnene om indikatoren meinte at han hadde liten effekt for arbeidet med utveksling, og at andre verkemiddel og motivasjonsfaktorar er viktigare for dette målet.
Høyringsinstansane var delte i synet når det gjeld om systemet for regelstyrt utteljing skulle ha indikatorar som særskilt var retta mot forsking. Fleire støtta forslaget frå utvalet, men fleire var også usikre på om dette ville bli tolka som at regjeringa nedprioriterte forsking, og om det kunne føre til redusert omfang av eller kvalitet i forskinga. Dei som var negative, peikte særleg på indikatoren for EU-inntekter og publiseringsindikatoren. Om publiseringsindikatoren blei det trekt fram at ei fjerning av utteljinga kunne føre til ei underrapportering av vitskaplege publikasjonar i statistikken og redusere motivasjonen til å drive forsking generelt eller særleg i praksis- og undervisningstunge fagområde. Fleire av høyringsinstansane foreslo enten å vidareføre EU-indikatoren eller å bruke indikatoren med open ramme. Det siste vil seie at institusjonane får utteljing for endringane i sjølve EU-inntektene og ikkje i deira del av EU-inntektene som i dag. Nokre meinte indikatoren er nyttig som eit styringssignal som viser at deltakinga i EU-programma blir verdsett og at han med open ramme kan bidra til å dekke eigendelen av prosjektkostnadene for institusjonane.
Kierulf-utvalet meinte i NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet – God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag at når finansieringssystemet inneheld indikatorar for forsking og utdanning, må det også gjelde formidling. Med utgangspunkt i dagens system foreslo dei derfor ein ny indikator for formidling. Hatlen-utvalet frårådde indikatorar for formidling eller innovasjon/kommersialisering, og dei aller fleste høyringsinstansane delte synet til Hatlen-utvalet. Norsk studentorganisasjon og Språkrådet delte synet til Kierulf-utvalet om ein formidlingsindikator.
Finansieringskategoriane
Hatlen-utvalet peika på at ei ulempe med studiepoengindikatoren og dei relaterte finansieringskategoriane var at dei også har ei uønskt påverking på den interne styringa ved institusjonane. Når kvart studieprogram har ein sats fastsett av departementet, gir det eit press på handlingsrommet for institusjonane og kan påverke budsjettfordelinga mellom utdanningar på måtar som det ikkje er fagleg grunnlag for. Utvalet meinte at rammefinansieringa og det utstrekte ansvaret til institusjonane for å disponere løyvinga er eit grunnprinsipp i styringspolitikken og avgjerande for utviklinga til institusjonane. Mellom anna for å redusere denne ulempa foreslo utvalet å redusere talet på finansieringskategoriar frå dagens seks til mellom to og fire. Det ville gjere det meir tydeleg at satsane er svært grove og ikkje skal fastsetje dei faktiske kostnadene i kvar utdanning. Utvalet viste også til at meir bruk av undervisning i små grupper og praksisundervisning i fleire fag truleg har redusert skilnadene i kostnadsnivå mellom ulike utdanningar. Oppmodningsvedtaket om å gå gjennom finansieringskategoriane for å sikre riktig finansiering av utdanningar som er etterspurde i arbeidsmarknaden, meinte utvalet måtte bli følgt opp gjennom å redusere hindringane som kategoriane utgjer for institusjonane si disponering av løyvinga, ikkje ei utvikling der departementet i større grad bestemmer kva som er dei «riktige» kostnadene for einskildutdanningar på tvers av institusjonar. Utvalet overlèt til departementet å greie ut den konkrete avgrensinga av dei nye kategoriane. I høyringa var mange einige i prinsippet om å ha færre kategoriar, men dei fleste ville ikkje ta endeleg stilling utan å sjå konsekvensane for sin eigen institusjon eller sitt fagområde.
Oppfølging av forslaga frå utvalet
Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2022 greie ut finansieringskategoriane vidare i dialog med sektoren, og vurdere om talet bør reduserast. Det vil bli lagt til grunn at kategoriane skal vere enkle og i størst mogleg grad gi institusjonane fridom og ansvar for disponeringa av løyvinga si og dimensjoneringa av dei einskilde utdanningane opp mot dei overordna måla.
Departementet meiner at finansieringssystemet må vurderast som ein heilskap. Dei moglege endringane i kategoriane bør greiast ut før det blir gjort endringar i dei andre delane av systemet. Konklusjonane om oppfølginga dei einskilde forslaga frå Hatlen-utvalet vil derfor bli trekte i samanheng med ei konkret vurdering av kategoriane. I vurderinga vil departementet vil legge vekt på det breie samfunnsoppdraget til institusjonane og sjå finansieringssystemet i samanheng med regjeringa si tillitsreform for sektoren.
Utviklingsavtalane og finansiering
Regjeringa vil ikkje knyte finansiering til utviklingsavtalane med dei statlege universiteta og høgskulane. Avtalane skal vere eit verktøy for å forbetre styringa og måloppnåinga til institusjonane innanfor dei budsjettrammene som gjeld til kvar tid, ikkje for å fastsetje rammene.
Regjeringa meiner at det ikkje treng vere knytt finansiering til utviklingsavtalane for at dei skal få effekt. Innhaldet i avtalane er i første rekke utforma av institusjonane sjølve innanfor svært vide rammer. Innanfor ei langsiktig og føreseieleg finansiering måtte eventuelle budsjettendringar knytte til avtalane uansett vore marginale i høve til den samla finansieringa.
Institusjonar som ønsker å knyte konkrete beløp av løyvinga til gjennomføring av avtalen, står i alle tilfelle fritt til dette og kan også foreslå å formalisere det i sjølve avtalen. Det kan truleg vere passande i nokre tilfelle å ha slike forpliktingar for å drive fram endringar. Men det vil ikkje vere i tråd med ønsket om ei institusjonstilpassa styring om det skulle vere eit krav, og regjeringa kan ikkje sjå at slike beløpsforpliktingar skulle vere rett i alle tilfelle. Eit system med tilleggsløyvingar for å gjennomføre avtalane vil ha mykje av dei same ulempene som eit system med regelstyrt utteljing, og vil redusere nytten av avtalane som eit styringsverktøy. Storleiken på løyvingane framover vil vere avhengig av den økonomiske situasjonen, som kan endre seg brått. Eit godt styringssystem kan ikkje føresetje kontinuerleg aukande løyvingar, og tildelingar til å gjennomføre avtalane måtte derfor også kunne dekkast inn gjennom reduksjonar innanfor gjeldande ramme. I slike tilfelle ville ikkje systemet skilje seg vesentleg frå eit system der departementet øyremerker delar av løyvinga.
Sjølv om utviklingsavtalane ikkje vil vere direkte knytte til finansieringa, inneber ikkje det at dei er utan relevans. Avtalane vil ha ein sentral plass i styringa og dermed vere viktig for ei heilskapleg vurdering av måloppnåinga og utviklinga til institusjonane.