Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 200–289 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

DigForsk AS

Selskapet har leigd inn dagleg leiar frå UiT, og godtgjersle i 2021 er kostnadsført med 1 064 607 kroner.

I4 Helse AS

Dagleg leiar fekk 932 829 kroner i lønn og 5 819 kroner i anna godtgjersle i 2021. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 68 365 kroner (UiA).

Mecatronics Innovation Lab AS

Dagleg leiar fekk 1 160 145 kroner i lønn og 6 705 kroner i anna godtgjersle i 2021. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 107 841 kroner.

NTNU Ocean Training AS

Dagleg leiar fekk 825 483 kroner i lønn og 4 392 kroner i anna godtgjersle i 2021. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 47 400 kroner.

NSD – Norsk senter for forskingsdata AS

Dagleg leiar fekk 1 236 716 kroner i lønn og 5 155 kroner i anna godtgjersle i 2021. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 24 930 kroner.

NTNU Samfunnsforsking AS

Dagleg leiar fekk 1 327 964 kroner i lønn i 2021. Pensjonsutgifter er kostnadsført med 156 354 kroner. Dagleg leiar har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsetjingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 813 372 kroner i lønn og 15 159 kroner i anna godtgjersle i 2021. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Simula Research Laboratory AS

Dagleg leiar fekk 2 982 320 kroner i lønn og 307 292 i anna godtgjersle i 2021. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 192 788 kroner.

Unifond AS

Dagleg leiar fekk 176 250 kroner i lønn i 2021. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Uninett AS

Dagleg leiar fekk 1 577 516 kroner i lønn og 17 450 kroner i anna godtgjersle i 2021. Selskapet har innskotsplanar for pensjonar i tråd med regelverket. Innskotsplanane omfattar alle tilsette.

Unirand AS

Dagleg leiar fekk 126 644 kroner i lønn i 2021. Det er ikkje utgiftsført pensjonsutgifter eller anna godtgjersle til dagleg leiar.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Dagleg leiar fekk 1 314 685 kroner i lønn og 20 984 kroner i anna godtgjersle i 2021. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er ført med 159 775 kroner.

Andre

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar:

  • DnF Productions AS

  • Universitetet i Bergen Eiendom AS

  • Nord innovasjon AS

  • Vangslund AS

Til forsida