Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1–2, 500–595, 2412, 2445 Inntektskapittel: 3500–3595, 5312, 5570, 5607, 5615, 5616, 5635

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Satsingsområde

1.1 Ein heilskapleg politikk for heile Noreg

Noreg er eit langstrakt land med store geografiske forskjellar i samfunns- og næringsliv. Vi har eit velutvikla nasjonalt, regionalt og lokalt folkestyre og eit samfunn med høg tillit og relativt små forskjellar. Det er ein bærande idé i samfunnet vårt at innbyggarane, folket, skal kunne påverke utviklinga i samfunnet, nasjonalt, regionalt og lokalt. Det lokale folkestyret, både i kommunar og fylkeskommunar, gir innbyggarane innverknad på utviklinga av sine lokalsamfunn og si framtid. Motivasjonen for å delta i lokalpolitikken og i det lokale organisasjonslivet er ein gjensidig avhengigheit og solidaritet i samfunnet. Dei lokale folkevalde har dessutan kunnskap om dei lokale forholda som gjer det mogleg å tilpasse politikken til innbyggarane sine ønskjer og lokalsamfunnet sine føresetnader. Derfor er det viktig at einingane ikkje blir for store, og at dei omfattar eit geografisk område som er hensiktsmessig og som har lokal oppslutning. Dette fører til ein variasjon som er verdifull og som avspeglar ulike preferansar i befolkninga. Det er ikkje, og det bør heller ikkje vere, eit mål at lokalsamfunn, alle kommunar og fylkeskommunar skal gjere dei same vala og tilpasse seg på same måte. Variasjon og mangfald er eit sjølvstendig mål.

Tenester nær folk i heile landet er eit grunnleggande mål for denne regjeringa. Kommunane har ansvar for mange av dei viktigaste velferdsoppgåvene, og bidrar til å sikre gode levekår og tilgang til grunnleggande tenester både i bygd og by i heile Noreg. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – Distriktspolitikk for framtida viser retning for distriktspolitikken framover (sjå også pkt. 1.6 Ein aktiv distriktspolitkk og programkategori 13.50). Dei særskilte utfordringane i byområde er utgangspunktet for Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader (sjå også pkt. 1.2 Berekraftig utvikling og programkategori 13.90). Det skal vere god tilgang på eigna bustader i heile landet. Regjeringa tar sikte på å legge fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk våren 2024.

Det er kommunane som er best i stand til å vurdere kva som trengs mest i deira kommune. Det kommunale sjølvstyret gir rom for skreddarsydde løysingar for kvart einskilt lokalsamfunn, tilpassa dei utfordringane ein står overfor. Derfor skal kommunesektoren i all hovudsak vere rammefinansiert og hovudsakeleg bli gitt frie midlar. Øyremerka tilskot skal som hovudregel vere atterhalda viktige nasjonale prioriteringsområde i ein oppstartsfase, eller finansiering av oppgåver som få kommunar har ansvar for. Regjeringa er oppteken av å gi kommunane handlingsrom til å løyse oppgåvene lokalt.

Rammefinansiering skal framleis vere berebjelken i finansieringa av kommunesektoren. Kommunane sitt inntektssystem skal utjamne dei økonomiske skilnadene mellom kommunar, og det samla finansieringssystemet skal sikre godt samsvar mellom inntekter og oppgåver for den enkelte kommune. Regjeringa vil legge fram ei heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024. Denne gjennomgangen vil følgje opp Hurdalsplattforma og bygge på utgreiinga frå Inntektssystemutvalet og høyringsfråsegnene til denne. Det blir tatt sikte på at nytt inntektssystem for kommunane får verknad frå og med 2025.

Kommunesektorens samla inntekter utgjer om lag 19 pst. av BNP for fastlands-Noreg. Om lag kvar femte sysselsette i landet er tilsett i kommunal sektor. Storleiken på kommunesektoren inneber at utviklinga i sektoren er av stor betydning for utviklinga i norsk økonomi, og sektoren sin samla ressursbruk har stor verknad på heilskapen i økonomien. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren er omtala i pkt. 2.

Større handlingsrom for kommunar og fylkeskommunar og meir fagleg fridom for førstelinja legg til rette for meir velferd og betre tenester til innbyggarane. Regjeringa har derfor satt i gang ei tillitsreform. Tillitsreforma dreier seg mellom anna om korleis offentleg sektor kan tenkje nytt om korleis oppgåver skal løysast. Regjeringa har invitert kommunar og fylkeskommunar til å delta i ei nasjonal forsøksordning (frikommuneforsøk) om fritak frå lover og reglar gjennom forsøk.

Regjeringa vil fortsette å legge til rette for at omsynet til samane og dei nasjonale minoritetane blir vareteke og at dei folkerettslege forpliktingane blir etterlevde. Det blir lagt til grunn at kommunar og fylkeskommunar på eige initiativ, og som del av lokaldemokratiet, følgjer opp forpliktingane sine overfor samar og nasjonale minoritetar.

1.2 Berekraftig utvikling i kommunar og fylkeskommunar

Berekraftsmåla vart vedtatt av FN-landa i 2015. Kommunal- og distriktsdepartementet har frå 2020 ansvar for koordineringa av det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla.

Stortinget drøfta berekraftsarbeidet i april 2022, jf. Meld. St. 40 (2020–2021) og Innst. 218 S (2021–2022). Regjeringa arbeider no med å følgje opp berekraftsmåla, mellom anna gjennom etatsstyringa av underliggande verksemder og gjennom eit forum der toppleiarar frå næringslivet, akademia, kommunesektoren, frivillige organisasjonar og partane i arbeidslivet deltar. Sidan etableringa i 2022 har Toppleiarforum for berekraftsmåla blitt samla fire gonger for å diskutere tema som sirkulær økonomi, ansvarleg forbruk, ulikskap og energiforsyning.

Kommunar og fylkeskommunar er avgjerande for arbeidet med å realisere ei berekraftig samfunnsutvikling. Regjeringa har derfor inngått ei samarbeidsavtale med KS om berekraft og innovasjon. Gjennom avtala skal partane mellom anna arbeide saman om ei felles forståing av kva berekraftsmåla inneber for kommunar og fylkeskommunar og korleis dei kan bli operasjonalisert, slik at dei speglar utfordringane nasjonalt, regionalt og lokalt.

Regjeringa la i juni 2023 fram nye nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging for perioden 2023–2027. Regjeringa forventar at fylkeskommunane og kommunane legg berekraftsmåla, nasjonale klima- og miljømål og lokalt folkestyre til grunn for samfunns- og arealplanlegginga, og legg til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet. Gode lokalsamfunn er grunnsteinar i ei berekraftig utvikling, og det er viktig å motverke sentralisering som svekker lokale tenester og tilbod. Levande distrikt er òg avgjerande for å sikre matproduksjon og at jordbruksareala blir halde i drift.

Kommunane har eit stort ansvar for berekraftig planlegging som varetar sosiale, miljømessige og økonomiske behov for innbyggare, natur og næringsliv. Plan- og bygningslova gir fylkeskommunane og kommunane fleksibilitet til å tilpasse planlegginga til behovet. Regjeringa meiner det er viktig at dette handlingsrommet blir utnytta for å legge til rette for ønska utvikling, samstundes som planlegginga ikkje blir gjort meir omfattande enn nødvendig. Det lokale sjølvstyret er viktig, og statlege og regionale styresmakter skal legge vekt på lokaldemokratiet når dei vurderer om det skal fremjast motsegn eller innvending.

Regjeringa vil legge fram nye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Arealpolitikken skal bli praktisert slik at den er tilpassa regionale og lokale forhold, og slik at det kan leggast til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folkesetnaden. Alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikle små og store lokalsamfunn, og det skal leggast til rette for meir bustadbygging i område med lav befolkningstettleik. I befolkningstette område skal retningslinjene bidra til effektiv arealbruk gjennom samordning av utbyggingsmønster og transportsystem. I område med lavt utbyggingspress, lavt folketal eller negativ befolkningsutvikling skal dei bidra til utvikling av levedyktige lokalsamfunn og legge til rette for verdiskaping og næringsutvikling. Det er òg ei tydeleg målsetting å styrkje jordvernet.

I arbeidet med byvekstavtaler i dei store byane skal hovudtyngda av vekst i bustader og arbeidsplassar kome i eller i nærleiken av større knutepunkt for å bygge opp under nullvekstmålet, med dei tilpassingane som følgjer av kvar enkelt avtale. Utbyggingsmønster og transportsystem må samordnast for å oppnå løysingar som er arealeffektive, samfunnsøkonomisk lønsame, og som legg til rette for miljøvennleg transport. Planlegginga skal bidra til å styrkje kollektivtransport, sykkel og gonge som transportform.

Regjeringa har lagt fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader. Meldinga samlar regjeringa sin politikk for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i norske byar og nabolag, gjennom å legge til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø. I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Regjeringa har i 2023 utvida områdesatsingane til nye kommunar, sjå nærare omtale under kap. 590, post 65.

Kommunal- og distriktsdepartementet støttar opp om planarbeidet i fylkeskommunane og kommunane gjennom kompetansetiltak, kunnskapsdeling og ved å utvikle nye verktøy. Det er over heile landet tilbod om rettleiing og etter- og vidareutdanning, i samarbeid med offentlege og private aktørar. Regjeringa oppmodar kommunane til samarbeid gjennom interkommunale plankontor og andre former for interkommunalt plansamarbeid for å styrkje kapasiteten og kompetansen til å drive samfunnsutvikling.

Det politiske ansvaret for dei bygde omgivnadene er fordelt på mange departement. Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer både den nasjonale arkitekturpolitikken og ei interdepartemental arbeidsgruppe som både kartlegg eksisterande politikk og verkemedel på arkitekturfeltet, og vurderer behov for nye verkemedel. Målsettinga er ein samla og målretta nasjonal arkitekturpolitikk som bidrar til berekraftig utvikling, og som gir samfunnet meirverdi.

Det blir vist til omtale i del III pkt. 8 om oppfølging av berekraftsmåla i Kommunal- og distriktsdepartementet.

1.3 Omstilling og fornying i offentleg sektor

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggarane gode tenester, valfridom og medråderett. Regjeringa sine mål for desentralisering og fornying av offentleg sektor er å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring. Alle skal ha tilgang til tilpassa velferdstenester av god kvalitet gjennom det offentlege tilbodet.

Arbeidet med regjeringa si tillitsreform er ein integrert del av regjeringa sitt arbeid med å fornye og utvikle offentleg sektor. Dei to andre områda i fornyingsarbeidet er innovasjon og digitalisering. For arbeidet med digitalisering, sjå pkt. 1.4 under.

Målet med tillitsreforma er å gi brukarane og innbyggarane betre velferd og betre tenester til rett tid. For å få til dette må ein sjå på korleis mål- og resultatstyring blir brukt. Det er krevjande å setje gode mål, og det er vanskeleg å måle og vurdere resultat i etterkant. Ein bør redusere detaljstyring og rapportering som ikkje er nødvendig, og auke handlingsrommet for kommunar, verksemder og den enkelte medarbeidaren. Mål- og resultatstyringa må utviklast slik at dei tilsette sitt faglege sjølvstende ikkje blir avgrensa unødig. Dei tilsette i førstelinja må få meir handlingsrom og meir tid til å nytte kompetansen sin, slik at dei kan yte betre tenester til brukarane. Å auke bruken av tillitsbasert leiing kan vere eit godt tiltak i denne samanhengen. Kommunal- og distriktsdepartementet har bede Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) om å innarbeide opplæring i medråderett, partssamarbeid og tillitsbasert leiing i leiarutviklingstilbodet retta mot leiarar på ulike nivå.

Staten skal òg ha vilkår som gjer det mogleg å rekruttere leiarar med god og rett kompetanse, samstundes som lønsutviklinga for leiarar ikkje skal overskride det som er gjennomsnittleg lønsutvikling i samfunnet. Regjeringa arbeider med å utarbeide nye retningslinjer for leiarløningar og andre typar godtgjersler for leiarar i staten, som legg til rette for reduserte lønsskilnader.

Tillitsreforma gjeld heile offentleg sektor, både staten og kommunesektoren. Den er eit felles prosjekt for regjeringa. Det er dei enkelte departementa som skal setje i verk reforma i sine sektorar. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for å setje rammene for og å vere pådrivar i arbeidet. I tillegg ser Kommunal- og distriktsdepartementet til at dei ulike elementa i tillitsreforma går inn i ein heilskap, og at tiltaka i dei ulike sektorane heng saman. Som ein del av denne overordna rolla har Kommunal- og distriktsdepartementet kontakt med dei sentrale partane i arbeidslivet i offentleg sektor om tillitsreforma; LO, YS, Unio, Akademikerne, KS og Spekter.

Regjeringa ønskjer å bygge og vidareutvikle ein kultur for innovasjon i offentleg sektor. Eit viktig tiltak i tillitsreforma er å bruke medarbeidarane sin kompetanse slik at det blir meir innovasjon. Leiarar må utvikle kultur og kompetanse for innovasjon, og gi medarbeidarar fridom til å finne fram til nye løysingar. Dette bør baserast på innsikt og forståing for kva som kan vere mest effektivt, og i samarbeid med brukarane av tenestene. Regjeringa ønskjer derfor å gjennomføre ei brei kompetansereform for arbeidslivet. Kommunal- og distriktsdepartement vil samarbeide både med Kunnskapsdepartementet og DFØ for å legge til rette for at statlege verksemder møter framtida sitt kompetansebehov, mellom anna innanfor digitalisering, forvaltningskompetanse og tillitsbasert leiing.

For å løyse store og komplekse samfunnsutfordringar er det nødvendig å legge til rette for nye måtar å arbeide på. Dette inngår òg som ein sentral del av tillitsreforma. Regjeringa vil teste ut lokale forsøk og pilotar for fornying i offentleg sektor, og har tatt initiativ til ei forsøksordning for kommunane og fylkeskommunane (frikommuneforsøk), som er gjort greie for i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024. Regjeringa vil òg auke kommunalt sjølvstyre med større grad av innovasjon, og dessutan endre regelverk og praksis for offentlege innkjøp, slik at dei støttar viktige mål som berekraft, gode løns- og arbeidsvilkår, bruk av lærlingar og lokale ringverknader. Departementet har bede Digitaliseringsdirektoratet om faglege råd om korleis verkemidla for nyskaping i offentleg sektor kan utviklast vidare, slik at dei er betre tilpassa dagens og framtidas behov.

Det blir òg gjort andre grep for å få til betre samordning på fleire politikkområde. Forsøk med ei ny tverrgåande arbeidsform, kalla kjernegrupper, skal gjere departementa betre i stand til å møte særleg komplekse utfordringar. Det er sett i gang kjernegrupper innanfor fleire område som krev betre samordning, i alt fem grupper. Tema for kjernegruppene er klima og omstilling, utsette barn og unge, kunnskapsgrunnlag for krisehandtering, vatn og avløp og kompetanse i staten og departementa. DFØ følgjer kjernegruppene og vil levere ein erfaringsrapport hausten 2023.

Statsforvaltaren skal arbeide for best mogleg samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar og statleg verksemd i fylket. For å styrkje samordningsrolla til statsforvaltarane har Kommunal- og distriktsdepartementet, mellom anna som del av oppfølginga av tillitsreforma, tatt initiativ til å forenkle og forbetre styringa. Dei ulike departementa som styrer statsforvaltaren, er oppmoda om å fastsette færre og meir overordna krav til styring og rapportering, å gi fleire felles oppdrag, og meir lik og felles utforming av styringskrava.

Konsulentbruken vart redusert med 4,1 pst. frå 2021 til 2022, justert for prisvekst. I 2022 brukte statsforvaltninga 13,2 mrd. kroner på konsulenttenester, mot 13 mrd. kroner i 2021. Lønsutgiftene i statsforvaltninga var i 2022 150 mrd. kroner. Konsulentutgiftene samanhalden med lønsutgiftene er lågare i 2022 enn i 2021, samstundes som det varierer betydeleg mellom ulike statlege verksemder. Regjeringa vil kutte i konsulentbruk i staten, og har i tildelingsbreva for 2022 og 2023 pålagt statlege verksemder å arbeide for å redusere konsulentbruken på område der det ligg til rette for å bruke interne ressursar og kompetanse. Verksemdene skal rapportere om konsulentbruken i årsrapporten for 2023.

Det er òg vinstar ved felles innkjøpsavtaler. Statens innkjøpssenter inngår og forvaltar felles innkjøpsavtalar på vegne av staten. Dei legg til rette for at staten reduserer innkjøpskostnader med om lag 275 mill. kroner i året. DFØ skal i 2023 jobbe vidare med å inngå nye avtalar og tiltak for å legge til rette for auka vinstar av alle inngåtte fellesavtalar for innkjøp. Ein jobbar aktivt med berekraft og sirkulære løysingar i arbeidet med avtalane, frå kva du kjøper til kontraktsoppfølging.

Regjeringa ønskjer ei betre demokratisk styring og kontroll av velferdstenestene. Derfor har regjeringa sett ned eit utval som skal vurdere alternative løysingar til kommersiell drift for den delen av dei skattefinansierte velferdstenestene som blir leverte av private, kommersielle aktørar. Føremålet med utvalet er å greie ut korleis kommersiell drift kan fasast ut i ulike skattefinansierte velferdstenester, og legge fram ein eigen nullprofittmodell for kvar slik sektor. Utvalet skal òg greie ut ein juridisk definisjon for ideelle driftsformer. Alternativa til kommersiell drift kan vere at slike tilbod blir ført tilbake i offentleg eigenregi, at det blir eit større innslag av ideelle aktørar, eller ein kombinasjon av desse alternativa. Men ei utfasing kan òg innebere moglegheiter for framleis innslag av kommersielle aktørar med utgangspunkt i ei strengare regulering av verksemda deira enn i dag. Utvalet skal levere utgreiinga innan 1. juni 2024.

1.4 Digitalisering og ny teknologi – desentralisering i praksis

Moglegheitene for desentralisering og for å styrkje busetnad og næringsutvikling i heile landet gjennom digitalisering og nye teknologiar, er store. Ein god digital grunnmur er grunnleggande for å lykkast med videre digitalisering som mogleggjer verdiskaping og gode tenester i heile Noreg. Noreg ligg langt framme i internasjonal målestokk med gode og sikre elektroniske kommunikasjonsnett, likevel er tilbodet framleis langt betre i byar og tettstader enn i spreidtbygde strøk. Det er òg forskjellar mellom ulike deler av Noreg, kor nokre distrikt har høgare dekningsgrad enn andre. Derfor forsterkar regjeringa satsinga på utbygging av breiband- og mobildekning i heile landet ytterlegare i budsjettforslaget for 2024.

Den digitale grunnmuren med dei elektroniske kommunikasjonsnettene og datasentre, og dei digitale tenestene dei bærer, er avgjerande for å kunne utnytte moglegheitene ved digitaliseringa til å utvikle og ta i bruk nye løysingar på sentrale samfunnsutfordringar. Ny teknologi kan mellom anna auke produktivitet, redusere klimaavtrykket i offentleg sektor og næringslivet og gi gode tenester til alle, inkludert ei aldrande befolkning.

Mobil- og breibandnett er samfunnskritisk infrastruktur i dag, og tilgang til slik infrastruktur overalt er avgjerande for å sikre busetjing og verdiskaping i heile landet. På tvers av alle samfunnssektorar blir det lagt inn stadig større verdiar i den digitale grunnmuren. Utbygginga av høghastigheits breiband i Noreg går raskt, og dekningsgraden aukar for kvart år, men det er framleis betydelege geografiske forskjellar i breibanddekninga. Foreløpige tall frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at per første halvår 2023 hadde 96,6 pst. av husstandane tilbod om breiband med hastigheit på minst 100/10 Mbit/s nedlastings-/opplastingshastigheit, og i tillegg hadde 95,1 pst. tilbod om gigabit-breiband. I tettbygde strøk hadde heile 98,6 pst. av husstandane tilbod om gigabit-breiband, medan berre 77,0 pst. hadde slikt tilbod i spreiddbygde strøk.

Det er viktig å motverke at nokre område systematisk heng etter i utbygginga av breiband, og prioritere at alle husstandar og verksemder så raskt som mogleg har tilbod om minimum 100 Mbit/s nedlastingshastigheit. Regjeringa har som mål at alle skal ha eit slikt tilbod innan utgangen av 2025. Det viktigaste verkemiddelet for å nå alle med raskt breiband er å legge til rette for kommersiell utbygging. Samstundes er det i nokre område ikkje kommersielt grunnlag for utbygging, og i slike område vil regjeringa forsterke satsinga ytterlegare. Forslaget om 400 mill. kroner inneber ei auke i løyvinga for 2024 med 37,3 mill. kroner, samanlikna med saldert budsjett for 2023.

Den teknologiske utviklinga går raskt og 5G-utbygginga held fram i høgt tempo. Per 1. juni 2023 hadde over 93 pst. av befolkninga tilbod om 5G der dei bur. Regjeringa legg til rette for utbygging. Basert på opplysningar frå tilbydarane, kan ein anslå at Noreg ligg an til å oppnå ei nasjonal 5G-dekning på om lag same nivå som 4G-dekninga i 2024. Regjeringa legg òg til rette for at behova til industrien blir møtt, og for innovasjon og utvikling i næringslivet knytt til 5G, både gjennom frekvensforvaltning og 5G-industriforum. Mobilnetta, og spesielt 5G, er ikkje berre eit viktig supplement til kabelbasert breiband for å nå målet om breiband til alle i heile landet. I lag med sensorar som kommuniserer med internett (tinga sitt internett (IoT)) og kunstig intelligens, mogleggjer mobilnetta også nye løysingar for auka produktivitet og reduserte klimautslepp i industrien, gjennom forbetring og automatisering av prosessar. Noreg har nyleg også fått eit breibandstilbod frå lågbanesatellittar. Saman med fullføringa av 5G-utbygginga, gir dette auka tilgjengelegheit og bidrar til eit breibandstilbod med god kapasitet mange plassar, særleg ute i distrikta.

I tillegg til høghastigheits breiband over heile landet, er det viktig at netta er sikre og robuste. Kommunal- og distriktsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp dette gjennom krav i ekomloven og i medhald av sikkerheitslova, og gjennom tilsyn, pålegg og rettleiing.

Sjølv om norske nett har generelt høg tilgjengelegheit, vil regjeringa heve innsatsen for å redusere sårbarheiter, ikkje minst i distriktsområder der det ikkje er kommersielt grunnlag for å bygge ut reserveløysingar. Regjeringa fortsett derfor den styrka satsinga på telesikkerheit og beredskap frå 2023. Programmet forsterka ekom held fram. Gjennom programmet får sårbare kommunar etablert eit område med forsterka reservestraum på tre døgn og ofte alternative føringsvegar. Dette gir vesentleg auka beredskap for lokal kriseleiing og befolkninga elles. Regjeringa vil fortsette å styrkje infrastrukturen i Nordland. I tillegg gjer Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ei analyse av risiko og sårbarheiter for infrastrukturen i Trøndelag. Finnmark, Troms og Nordland vil då ha fått slike målretta tiltak. Regjeringa vil også prioritere midlar til den nye reserveløysinga for kommunikasjon til Svalbard, og midlar til drift av systemet for Nødvarsel over mobilnetta. Regjeringa held òg fram arbeidet med styrking av samarbeidet mellom ekomsektoren og kraftsektoren, fordi det er viktige avhengigheiter mellom sektorane.

Den auka kapasiteten og sikkerheita tiltaka i den digitale grunnmuren bidrar til, underbygger og legg til rette for vidare digitalisering og innovasjon. Høg digital kompetanse i befolkninga støtter opp om ei slik utvikling. Noreg skårar høgt på brukarorientering og digital infrastruktur i internasjonale undersøkingar, og det er viktig for å forebygge digitale skilnader.

Noreg skårar høgt på områda digital infrastruktur i internasjonale undersøkingar. Ifølgje OECD sine data samla til Digital Economy Outlook1 er Noreg i teten blant OECD-land når det gjeld mellom anna bruk av høghastigheits breiband i hushaldingar og verksemder, utbreiing av tinga sitt internett (IoT), del innbyggarar som kjøper varer og tenester på nett, del i befolkninga generelt som brukar internett, del av innbyggarar som bruker offentlege digitale tenester og del av verksemder som bruker internett til å gjere forretningar. Dette viser at vi er eit digitalt modent land, med gode føresetnadar for å digitalisere for auka velferd, nye arbeidsplassar over heile landet og auka verdiskaping.

Regjeringa har høge ambisjonar for digitalisering av offentleg sektor og ønskjer å gjennomføre eit taktskifte i digitaliseringa av offentleg sektor. Dette skal bidra til gode tenester for innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor, uansett kor i landet ein held til. Digitalisering skal bidra til ein sterk og effektiv offentleg sektor. Digitalisering skal òg vere eit verktøy for å arbeide smartare internt i offentleg sektor.

Regjeringa har starta arbeidet med ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi. Strategien skal mellom anna stake ut kursen for forsterka digitalisering av offentleg sektor, legge til rette for auka tempo i næringsretta digitalisering og ta opp andre viktige samfunnsspørsmål. Strategien vil omtale ulike teknologiar som vil påverke samfunnet vårt framover, slik som kunstig intelligens. Regjeringa vil sjå på korleis ein kan legge til rette for at ny teknologi blir brukt på best mogleg måte innanfor trygge og ansvarlege rammer, og vurdere behovet for betre regulering av denne type teknologiar.

Under pandemien auka digitaliseringstakta i offentleg sektor. Dei digitale fellesløysingane har spelt ei avgjerande rolle i denne raske utviklinga av nye digitale tenester. Digitaliseringsdirektoratet har gjennomført eit større moderniseringsarbeid av sentrale digitale fellesløysingar, som ID-porten. Det er behov for å arbeide vidare for å ruste fellesløysingane for vekst og forebygge digitale angrep. I 2024 blir det foreslått 4,4 mill. kroner til direktoratet sitt arbeid med dette. Altinn er ein viktig fellesløysing for digital dialog mellom offentlege etatar, næringsliv og privatpersonar. Altinn-plattforma er basert på utdatert teknologi, og løysinga tilfredsstiller ikkje krava til sikkerheit og universell utforming. Digitaliseringsdirektoratet har i lengre tid arbeida med å modernisere plattforma for å vareta krava til sikkerheit, regulatoriske rammevilkår, etterleving av personvern og tenesteeigarane sine funksjonelle behov. Moderniseringsarbeidet er nødvendig for å sikre sikkerheita og stabiliteten i Altinn.

Samstundes vil Digitaliseringsdirektoratet, saman med Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå (SSB) og Brønnøysundregistera arbeide med å flytte tenester til den moderniserte plattforma. I 2024 blir det foreslått 200 mill. kroner til arbeidet med Altinn 3, av dette 78,5 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratet, 90 mill. kroner til Skatteetaten, 21,5 mill. kroner til Brønnøysundregistera og 10 mill. kroner til SSB.

Regjeringa vil òg legge til rette for at Noreg utnyttar moglegheitene bruk av teknologi og data gir for auka verdiskaping, innovasjon og berekraftig utvikling. Det er viktig å ha gode rammevilkår som støttar utvikling og bruk av digitale tenester, gjennom mellom anna deling av offentlege data for innovasjon og nye forretningsmodellar i næringslivet og sivilsamfunnet. Vidarebruksutvalet2 skal levere ei lovutgreiing til departementet 1. juli 2024. Utvalet skal foreslå ei meir heilskapleg regulering av vidarebruk av offentleg informasjon (data). Reguleringa skal òg omfatte relevante EU-rettsakter på dette området. Regjeringa vil òg jobbe for at kompetansen i små og mellomstore verksemder blir styrkt, slik at dei kan ta del i den datadrivne økonomien. Samstundes vil regjeringa følgje med på utviklinga i internasjonalt regelverk, mellom anna knytt til kunstig intelligens (KI). Regjeringa er opptekne av at KI-reguleringa frå EU blir tatt inn i norsk lovverk snarast råd.

Regjeringa la fram ein nasjonal strategi for eID i offentleg sektor våren 2023. Strategien set viktige retningsval og peiker i ei retning der målet er at alle skal bli inkludert i det digitale samfunnet. Nå arbeider regjeringa med ein handlingsplan med konkretisering av gjennomføring av tiltaka i strategien. Handlingsplanen rettar seg primært mot verksemder og myndigheiter i offentleg sektor.

Regjeringa har utarbeidd ein handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn som vart lagt fram i juni 2023. Handlingsplanen er utarbeidd i samarbeid med offentlege, frivillige og privat næringsliv. I planen er det varsla fleire tiltak i perioden 2023 til 2026 som skal betre moglegheitene for at innbyggarar med mangelfull eller liten digital kompetanse kan delta i det digitale samfunnet, mellom anna skal det bli etablert eit betre samarbeid mellom offentlege verksemder, frivillige organisasjonar og næringslivet for å koordinere innsatsen for å hindre digitalt utanforskap. Regjeringa vil sørgje for at offentleg sektor tilbyr rettleiing i bruk av digitale løysingar til brukarar med ingen eller svake digitale ferdigheiter. Offentleg sektor har eit ansvar for å levere offentlege tenester til alle, også til dei som ikkje er digitale. Regjeringa foreslår for 2024 at det blir sett av midlar til både tilskot til hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse og tilskot til Seniornett.

Regjeringa er oppteken av at samar skal kunne bruke språka sine på digitale flater utan hindringar. Det er viktig for kvar enkelt språkbrukar, men også for at språka overlever. Divvun, ved UiT – Noregs arktiske universitet, utviklar samiske språkteknologiske løysingar. Kommunal- og distriktsdepartementet vil styrkje dette arbeidet i 2024.

I 2022 inngikk Kommunal- og distriktsdepartementet og KS ein ny samarbeidsavtale om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auke innbyggarane sin digitale kompetanse. Avtalen varer ut 2025.

Befolkninga må ha tillit til digitale løysingar for at dei skal vere villige til å ta løysingane i bruk. Eit godt personvern er sentralt for denne tilliten. Regjeringa har gjort den regulatoriske sandkassa for personvern og kunstig intelligens permanent frå 2023. Sandkassa er eit tiltak for å stimulere til utvikling av personvernvenlege og rettferdige tekniske løysingar, og både offentleg og privat sektor kan få rettleiing i arbeidet med å vareta personvernet i nye og innovative løysingar.

Om lag 1,6 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2024

Regjeringa foreslår ei offensiv satsing på digitalisering, og opprettheld eit høgt digitaliseringstempo. Budsjettforslaget til regjeringa inneber om lag 1,6 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2024, jf. tabellen under. Regjeringa sitt forslag til satsingar og omprioriteringar vil gjere det mogleg å realisere digitaliseringstiltak som vil bidra til forenkling og effektivisering i offentleg sektor, betre offentlege tenester og auka IT-sikkerheit.

Tabell 1.1 Nye digitaliseringstiltak i statsbudsjettet for 2024

Departement

Kort omtale av tiltaket

Forslag (mill. kroner)

OED

Digitalisering og dataforvaltning, NVE og Oljedirektoratet1

21,9

AID

Nasjonalt tilbod om digital språkopplæring

30,0

HOD

Digital samhandling

120,0

HOD

Digitalt helsekort for gravide

26,0

JD

Forprosjekt nytt nødnett og vidareføring av dagens nødnett

55,0

JD

Lyd og bilete i domstolane

15,0

KDD

Det kongelege hoff – IKT-sikkerheit

9,0

KDD

Tiltak i samband med dataangrepet

73,0

KDD

Sikker og robust teknisk infrastruktur for fellesløysingane

4,4

KDD

Altinn 3 og flytting av tenester hos SSB, SKE og BR til ny løysing

200,0

KDD

Utbygging av høghastigheits breiband

400,0

KDD

Medfinansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt (tilsegnsramme)

140,6

KD

Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole

40,0

KD

Fleirårig forskingssatsing på databehandling og kunstig intelligens

53,3

KD

Fornye og oppgradere det nasjonale forskingsnettet

140,0

KD

Norwegian Internet eXchange

9,0

FIN og KD

Vidareutvikling av microdata.no

11,0

NFD

Brukervennlige Registertjenester (BVR)

87,7

SD

Utvikling av kollektivtransportløysingar

50,0

SD

Digitalisering og teknologiutvikling i Statens vegvesen

100,0

Sum

1 585,9

1 Medfinansieringsordninga dekker berre halve investeringskostnaden, resten må søkerveksemda finne rom for innanfor eiga ramme. Løyvinga til medfinansieringsordninga i 2024 vil kunne utløyse offentlege digitaliseringsinvesteringar med samla budsjett på minst 280 mill. kroner.

I tillegg til dei nye digitaliseringstiltaka omtala i tabellen og over, blir allereie vedtekne digitaliseringssatsingar på fleire sentrale område vidareførte. Ei rekke prosjekt blir også gjennomførte innanfor dei gjeldande budsjettrammene til verksemdene.

Nedanfor følgjer ein kort omtale av enkelte av tiltaka i tabellen. Tiltaka i tabellen er nærare omtala i budsjettproposisjonen til det enkelte departement.

Regjeringa foreslår ei auke på 50 mill. kroner som skal bidra til at Entur AS og kollektivsektoren betre blir satt i stand til å ta tak i utfordringar og moglegheiter på området sømlaus mobilitet. Midlane vil gå til å dekke auka kostnader til drift og vedlikehald av dagens system, vidareutvikling av felles plattform for kollektivbillettar i Noreg og å legge til rette for sal av internasjonale jernbanebillettar gjennom Entur.

Regjeringa foreslår ei auke på 100 mill. kroner til å styrkje digitalisering og teknologiutvikling i Statens vegvesen, irekna å dekke utgifter til drift, funksjonell vidareutvikling og teknisk vedlikehald av IT-løysingar. Statens vegvesen arbeider innanfor tre strategiske retningar på dette området; framtidas digitale vegar, heildigitalisert verdikjede for veg og digitale nyttetenester for kundane.

Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner for å legge til rette for eit nasjonalt tilbod om digital lærarstyrt norskopplæring, for å betre tilgangen på fleksible tilbod for norskopplæring på kveldstid og helg der deltakarane kan kombinere opplæringa med jobb. Tilbodet kjem også andre nykomne innvandrarar til gode. Regjeringa ønskjer at fordrivne frå Ukraina og andre flyktningar skal kome raskt ut i arbeid eller annan aktivitet. Samstundes har mange behov for å lære seg norsk. Den kommunale norskopplæringa skjer på dagtid i mange kommunar, noko som kan vere eit hinder for å kome raskt i arbeid.

1.5 Vidareutvikling av bustad- og bygningspolitikken

Målet for bustadpolitikken er at alle skal kunne bu godt og trygt, og det gjer dei aller fleste i Noreg i dag.

Regjeringa vil våren 2024 legge fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga vil mellom anna ta for seg leige- og eigemarknadene, korleis vi kan ta vare på bustadene vi har og bygge dei vi treng, og arbeidet for sårbare grupper på bustadmarknaden. Meldinga vil vidare sjå på kommunane si rolle i bustadpolitikken og Husbanken si rolle med å støtte opp om kommunane. Regjeringa foreslår å vidareføre den auka låneramma til Husbanken på 24 mrd. kroner i 2024 for å bidra til at fleire skal kunne eige sin eigen bustad, og for å bidra til fleire eigna bustader i heile landet. Låneramma til Husbanken er auka frå 19 mrd. kroner då regjeringa overtok etter Solberg-regjeringa, til 24 mrd. kroner.

Eigarlinja ligg fast i norsk bustadpolitikk. Samstundes kan det vere risiko knytt til det å kjøpe og eige eigen bustad. Særleg gjeld det i periodar med auka renter og fall i bustadprisane. Vi er òg inne i ein periode med dyrtid, med høge utgifter til mellom anna matvarer, bustad og straum. Det rammer særleg dei som har minst frå før.

Ikkje alle hushald klarar å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at om lag 156 400 personar var vanskelegstilte på bustadmarknaden ved inngangen til 2022. Dette er personar som har låg inntekt, og i tillegg er trongbudde og/eller har høg gjeldsbelasting. Dette var ein nedgang på om lag 9 200 personar frå inngangen til 2021. Mange busette flyktningar frå Ukraina, saman med auka renter og leigeprisar, gjer at regjeringa venter ein auke i talet i vanskelegstilte 2023.

Den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet tredde i kraft 1. juli 2023. Lova klargjer kva pliktar kommunane har på feltet, og kan bidra til betre og meir likeverdig hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden.

I dei seinare åra har både private aktørar og kommunar tatt initiativ til å utvikle leige-til-eige-modellar og andre bustadkjøpsmodellar. Dette er modellar som kan gi mellom andre førstegongsetablerarar ein enklare veg inn på bustadmarknaden. Departementet har i 2023 sendt ut eit høyringsnotat om endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova som skal legge betre til rette for budstadkjøpsmodellar.

Leigemarknaden er ein viktig del av bustadmarknaden og avgjerande for at bustadmarknaden i heilskap skal fungere. I mange tilfelle fungerer leigemarknaden godt. Vi har ein fleksibel marknad med eit variert tilbod av utleigebustader. Samstundes er det utfordringar. Mange opplever at det er vanskeleg å skaffe seg ein eigna utleigebustad, det kan vere dyrt og lite føreseieleg, og innebere unødig flytting. Mange stader er leigemarknaden no under press, og det er mangel på leigebustader i delar av landet. Det merkar kommunane, som har busett om lag 31 000 flyktningar i 2022, dei fleste frå Ukraina. Truleg kjem det minst like mange i 2023.

For å få fleire bustader ut på marknaden, har regjeringa mellom anna lansert «boligdugnaden.no», ei nettside som samlar all informasjon om korleis gå fram for å leige ut ein bustad. For å bidra til rask busetting av flyktningar vart det vedtatt mellombels å gjeninnføre tilskot til utleigebustader i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Det vart vedtatt ei tilsegnsramme på 400 mill. kroner, og samstundes opna opp for at Husbanken kan gi tilskot til istandsetting av utleigebustader.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere husleigelova og foreslå endringar som styrkjer leigetakarar sine rettar, sikrar grunnleggande butryggleik og som gjer at lova er tilpassa dagens situasjon i leigemarknaden. Regjeringa har òg starta arbeidet med eit leigeløft saman med aktørar på leigemarknaden for å utveksle erfaringar om og utvikle tiltak for gode løysingar på leigemarknaden.

Bustøtta er eit viktig verkemiddel for å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Bustøtta har fleire gonger vore mellombels styrkja for å hjelpe mottakarane når straumprisane har vore ekstra høge. Frå november 2021 har det i tillegg vore mellombelse reglar for at ordninga skulle nå fleire. Regjeringa foreslår å vidareføre det mellombelse regelverket og gi ekstra utbetalingar til straum for januar, februar og mars i 2024.

Byggenæringa møter no på utfordringar med høge byggekostnader og redusert sal av bustader. Det rammer bustadmarknadene i by og bygd. Bustadmarknaden i Noreg er ulik ut frå kvar ein bur. Det er forskjellar i og mellom kommunar, og mellom by og distrikt. Kommunane har ei nøkkelrolle i bustadpolitikken. I bustadmeldinga vil regjeringa vurdere korleis ein kan styrkje kommunane si rolle med å utjamne sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden.

Når det er få aktørar på bustadmarknaden, er behovet for at kommunane tar ei aktiv rolle særskild stort. Regjeringa er opptatt av å finne gode løysingar for kommunar i distrikta med lite nybygging samstundes som det er mangel på bustader som er tilpassa innbyggarane sine behov. For å bidra til fleire bustader og betre bustadpolitisk kompetanse i distriktskommunar, foreslår regjeringa å styrkje ordninga med tilskot til bustadtiltak i distrikta ytterlegare i 2024.

Regjeringa har lagt fram stortingsmeldinga Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. Regjeringa vil gjere det trygt å bu lenger heime, og sørgje for at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, førebygging og meir målretta tenester. Som ein del av reforma, vil regjeringa etablere eit eldrebustadprogram. Programperioden skal gå frå 2024 til og med 2028. Det overordna målet med eldrebustadprogrammet er å bidra til at alle skal ha tilgang til ein eigna bustad i eit bumiljø.

Regjeringa vil ha ei klimavenleg byggenæring, samstundes som byggekostnadene skal vere så låge som mogleg. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å hente inn kunnskapsgrunnlag om klimagassutslepp frå bygging, korleis klimagassutsleppa kan reduserast og korleis dette verkar på byggekostnadene. Vidare har regjeringa invitert bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa til dialog om klimapartnarskap, der det overordna målet er å få gjennomført samfunnsøkonomisk lønsame tiltak, som kan bidra til å kutte klimagassutslepp i tråd med Noregs klimamål for 2030 og 2050. Å redusere dei samla utsleppa frå næringa vil mellom anna krevje meir sirkulære løysingar, meir effektiv bruk av materialar og mindre avfall. Dialogen om klimapartnarskap skal synleggjere korleis ulike aktørar må bidra for å lykkast med dette. Regjeringa vil òg legge fram ein ny strategi for sirkulærøkonomi i løpet av hausten, som mellom anna omfattar tiltak i byggsektoren.

Regjeringa vil bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon, og set i gang eit arbeid med å greie ut moglege endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta. Regjeringa vil sjå tiltak i samanheng, slik at dei verkar best mogleg og balanserer omsyn til energiutfordringar, miljø og klima og kostnader. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til tilskot til energitiltak i kommunale bygg til 300 mill. kroner. Ordninga er foreslått vidareført under Olje- og energidepartementet sitt budsjettområde.

Byggereglane har stor betydning både for byggenæringa og for dei som skal kjøpe seg ein ny bustad. Samstundes har reglane fått kritikk for å vere for omfattande og komplekse, og for å ha uklar effekt. Regjeringa set i gang arbeid med utgreiing av forbetringar i reglane for tilsyn og kontroll i byggesaker, og utgreiing av forenklingar i kvalifikasjonskrava innanfor dagens system. Direktoratet for byggkvalitet vil gjennomføre dette arbeidet. Mange opplever at deira nye bustad har store feil og manglar som ikkje blir retta opp av det ansvarlege bygningsføretaket. Forbrukarane må ofte sjølve bere kostnadene for retting. Regjeringa har derfor sendt på høyring forslag til endringar i plan- og bygningslova som vil styrke forbrukarvernet i byggesaker.

1.6 Ein aktiv distriktspolitikk

Regjeringa sitt mål for distrikts- og regionalpolitikken er at folk skal kunne leve eit godt liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar. Regjeringa vil arbeide for at folk har tilgang på arbeid, bustad og gode tenester nær der dei bur. Regjeringa vil legge til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet gjennom desentraliserte løysingar. I juni 2023 la regjeringa fram ei melding til Stortinget om distriktspolitikk, Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – Distriktspolitikk for framtida, som mellom anna vurderer tilrådingar frå distriktsdemografiutvalet og distriktsnæringsutvalet.

Regjeringa vil gi kommunane handlingsrom, slik at dei kan planlegge for eit godt samfunn og samarbeide om gode løysingar. Kommunane er ressurssterke organisasjonar med folkevald styring, over heile landet. Meir komplekse samfunnsutfordringar krev nye løysingar. Samarbeid mellom kommune og innbyggar, mellom kommune og næringsliv, mellom kommuneorganisasjonar og mellom kommunar og andre aktørar, er viktig for å møte desse utfordringane. Regjeringa vil, gjennom utprøving og avtaler, til dømes det nye distriktsretta verkemiddelet bygdevekstavtaler, opne for at kommunar i større grad kan jobbe heilskapleg på tvers av oppgåveområda. Bygdevekstavtaler har som føremål å styrkje samordninga av offentlege tiltak på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, på nye måtar der initiativet kjem nedanfrå. Regjeringa har òg sett i gang utvikling av regionvekstavtaler.

God rådgiving og rettleiing frå fylkeskommune og statsforvaltar kan medverke til å styrkje kapasiteten og kompetansen i kommunane til å jobbe med samfunnsutvikling. Regjeringa arbeider med nye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, som skal ha ei tydelegare differensiering mellom ulike område. Arealpolitikken må bli tilpassa dei lokale tilhøva og legge til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet.

Regjeringa vil utvikle berekraftige byar og tettstader med levande sentrum, og legge til rette for gode lokalsamfunn i bygd og by. Moglegheita til å utvikle både små og store lokalsamfunn med bu- og livskvalitet må ligge til grunn for prinsipp for fortetting og lokalisering. Bustader, næringsverksemd, arbeidsplassar og handels- og tenestetilbod skal lokaliserast slik at dei bidrar til å styrkje kvaliteten på stadene, skaper møteplassar og bygger opp under sentrumsfunksjonane. Småbyar og senter har viktige regionale funksjonar fordi dei kan tilby meir spesialiserte tilbod og tenester enn det mindre stader kan. Slik kan småbyane gjere heile regionen meir attraktiv.

Ein velfungerande bustadmarknad er ein føresetnad for nærings- og samfunnsutvikling i alle kommunar. Gjennom arbeidet med nye statlege planretningslinjer vil regjeringa legge betre til rette for at alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikle små og store lokalsamfunn, og det skal leggast til rette for meir bustadbygging i område med lav befolkningstettleik. Regjeringa vil våren 2024 legge fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk, som mellom anna vil vurdere korleis lån frå Husbanken kan medverke til fleire eigna bustader i distrikta.

Regjeringa vil legge til rette for trygge lokalsamfunn og gode tenester nær folk. For å styrkje lokalsamfunna i distrikta har regjeringa mellom anna foreslått å halvere barnehageprisane i kommunar i sentralitet 5 og 6 frå august 2024. I 2024 opnar også ti nye polititenestestader. Desse kjem i tillegg til dei ti nye som vart oppretta i 2022 og 2023. Regjeringa er òg opptatt av å styrkje beredskapen i nord. Det har i fleire år vore krevjande å rekruttere og behalde tilsette i dei nordlege politidistrikta. Ei særleg utfordring har vore å rekruttere studentar frå den samiske delen av befolkninga. Regjeringa vil derfor etablere eit pilotforsøk med politiutdanning i Alta.

Utvikling av gode tenester krev løysingar som er tilpassa lokale tilhøve. Mange kommunar er avhengige av samarbeid med andre kommunar for å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine og tilby tenester til innbyggarane. For å auke kapasiteten og kompetansen i oppgåveløysinga, også i eit tverrsektorielt perspektiv, vil regjeringa vurdere forsterka tiltak for å stimulere til auka samarbeid mellom kommunar. Digitale tenester, tillitsreform og samarbeid kan også medverke til å sikre gode tenester i område der folketettleiken er låg.

Infrastruktur som veg, jernbane, hamner, ferjer, flyplassar, breiband og mobilnett bind Noreg saman og er avgjerande for busetting og arbeidsplassar i heile landet. Fylkeskommunane fekk i 2023 fordelt meir enn 3 mrd. kroner av rammetilskotet til fylkesveg. Det er også løyvd øyremerkte tilskot retta mot fylkesveg på til saman 827 mill. kroner. Regjeringa vil utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og ta initiativ til at det saman med fylkeskommunane blir utarbeidd ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg eller middels skredfaktor. Regjeringa har lagt til rette for gratis ferjer til øyer, andre samfunn utan vegsamband til fastlandet og ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg, generelt lågare ferjeprisar og frå 2024 halvert makspris på billettar på dei regionale FOT-flyrutene langs kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg. Regjeringa har auka tempoet i utbygginga av ladeinfrastruktur for elbilar over heile landet.

Regjeringa vil sikre alle husstandar og verksemder i heile Noreg tilgang til høghastigheits breiband innan utgangen av 2025. Regjeringa ønskjer ei kraftig utbygging av breibands- og mobildekninga i heile landet, og har for 2024 foreslått at det løyvast 400 mill. kroner til breiband i område utan grunnlag for kommersiell utbygging. Det skjer ei rask utbygging av femte generasjons mobilnett (5G). Dekninga har auka frå 23 pst. i 2021 til 93 pst. av befolkninga per 1. juni 2023. Regjeringa har foreslått å løyve 188 mill. kroner til telesikkerheit og beredskap for 2024. Denne løyvinga vil mellom anna kome distriktskommunar til gode gjennom etablering av forsterka ekom i nye kommunar.

Regjeringa vil føre ein aktiv næringspolitikk som stimulerer til eit grønt skifte, og legg til rette for at små og mellomstore verksemder tek del i utviklinga. Regjeringa legg til rette for grøn omstilling og auka berekraftig verdiskaping som gir lønsame arbeidsplassar i heile landet. Ressursgrunnlaget som finst regionalt og lokalt er viktige fortrinn når nye og eksisterande næringar skal utviklast. Fylkeskommunane og kommunane har som planstyresmakter og samfunnsutviklarar ei viktig tilretteleggarrolle. Effektive og gode planprosessar er avgjerande for å lykkast med regjeringa sitt mål om eit grønt industriløft.

I Hurdalsplattforma er regjeringa tydeleg på at lokalsamfunn og fellesskapet bør få ein rettferdig del av verdiane som blir skapt ved å utnytte naturressursane som tilhøyrer fellesskapet. Grunnrenteskatt på havbruk vart innført i 2023, med fordeling til staten, vertskommunar, vertsfylke og kommunesektoren. Forslag til grunnrenteskatt på vindkraft vart sendt på høyring i 2023. Regjeringa vil legge til rette for fornybar kraft og nettkapasitet gjennom etablering av ny kraftproduksjon, energieffektivisering og utvikling av nettet. Det er viktig med gode demokratiske prosessar i behandlinga av desse sakene. Regjeringa la våren 2023 fram Prop. 111 L (2022–2023) Endringer i energiloven og plan- og bygningsloven (vindkraft på land) for å styrkje den kommunale råderetten ved etablering av vindkraft på land. Endringane i plan- og bygningslova og energilova vart vedtekne av Stortinget 9. og 12. juni 2023, og satt i kraft frå 1. juli 2023. Endringane gir kommunane større formell styring over arealbruken i vindkraftsaker, mellom anna ved at det no er krav om at kommunane må vedta ein områderegulering før det kan bli gitt konsesjon etter energilova.

Regjeringa vil bidra til nok og trygg mat produsert på norske naturressursar. Regjeringa vil prioritere arbeidet med å betre inntektsmoglegheitene i jordbruket. For å støtte opp om landbruket og reindrifta vil regjeringa føre ein meir restriktiv rovdyrpolitikk. Regjeringa har òg lagt fram ein ny jordvernstrategi, jf. Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (jordbruksoppgjøret m.m.), med forsterka mål knytt til omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. Regjeringa vil i tillegg legge til rette for industriell vidareforedling av skog ved å utvikle ressursgrunnlaget og forbetre infrastrukturen i skogbruket, fremje ei berekraftig skogforvalting og kombinere auka skogbruksaktivitet med styrkte miljøomsyn.

Regjeringa arbeider med fleire tiltak som skal bidra til å skape ei konkurransedyktig, heilårleg reiselivsnæring som er meir berekraftig og lønsam enn tidlegare, og som skaper aktivitet i heile landet.

Regjeringa vil legge til rette for fleksibel utdanning i heile landet, slik at utdanning og opplæring skal vere tilgjengeleg for alle. Regjeringa endrar og forenklar finansieringssystemet for universiteta og høgskulane, slik at dei betre kan gjennomføre det breie samfunnsoppdraget og dei samla prioriteringane frå regjeringa. Regjeringa vil møte lærarmangelen med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og halde på kvalifiserte lærarar.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 485 mill. kroner for å styrkje arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Regjeringa vil auke satsinga på å få fleire i arbeid. For å motverke at ungdom og unge vaksne fell utanfor skule og arbeidsliv, vil regjeringa legge til rette for betre samordning av helsetenester, arbeidsretta tenester og utdanningssystemet. Regjeringa vil også sørgje for eit meir fleksibelt utdanningssystem for vaksne som treng vidaregåande opplæring.

Ein forsterka statleg lokaliseringspolitikk er ein del av innsatsen til regjeringa for ei meir balansert utvikling i landet. Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen for lokalisering av statlege arbeidsplassar utanfor dei største byane og lokalisere meir av staten til distriktskommunar, der arbeidsplassane kan styrkje lokale fagmiljø. Regjeringa vil legge betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder. Det kan styrkje lokale kompetansemiljø og auke tilgangen på kompetansearbeidsplassar i distrikta. Regjeringa har som ambisjon å auke bruk av stillingar i staten som blir lyste ut med høve til desentralisert arbeid. Målet er å styrkje lokale fagmiljø for å gje distriktspolitisk vinst. Det vil seie at statlege arbeidsplassar som i dag er lokaliserte i dei største byane eller dei mest sentrale områda av landet, i større grad kan gjerast tilgjengelege for arbeidstakarar i distriktskommunar ulike stader i landet.

Eit viktig verkemiddel i distriktspolitikken er den differensierte arbeidsgivaravgifta, med nullsats i tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark og låg avgift i landsdelen elles.3 Provenytapet av dette tiltaket er estimert til om lag 22,8 mrd. kroner i 2024, sjå vedlegg 1. Regjeringa foreslår å auke fribeløpet innanfor ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå 500 000 kroner til 850 000 kroner. Forslaget føreset at Europakommisjonen aukar grensa for bagatellmessig støtte frå 200 000 euro i løpet av ein treårsperiode til 300 000 euro i løpet av ein treårsperiode.

Busetting og aktivitet i Nord-Noreg har gjennom generasjonar bidratt til arbeidsplassar og verdiskaping og gitt Noreg suverenitet over store område på land og i havet. Det er avgjerande for Noreg at det bur folk i nord. Det er fleire verkemiddel, innanfor dei fleste sektorar, som tek omsyn til dei spesielle utfordringane i Nord-Noreg. Det er også fleire tiltak som er retta inn mot landsdelen spesielt. Regjeringa har i 2023 mellom anna styrkt ordninga med gjeldslette av utdanningslån i tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms, og innført gratis barnehage i sona frå og med 1. august. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2024 å auke Finnmarksfrådraget frå 20 550 kroner til 30 000 kroner.

2 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren

Boks 2.1 Inntektene til kommunesektoren i 2024

Kommunesektoren sine samla inntekter er anslått til om lag 702 mrd. kroner i 2024. Tabell 2.3 viser samansetjinga av inntektene i 2024 og nominell endring frå 2023. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap 2023 i denne proposisjonen, korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar.

Kommunesektoren sine skatteinntekter og rammetilskot er sektoren sine frie inntekter. Dei frie inntektene utgjer 71,9 pst. av dei samla inntektene. Desse inntektene kan disponerast fritt innanfor ramma av lover og forskrifter, og gir kommunesektoren rom for lokal tilpassing av verksemda.

Skatteinntekter er kommunesektoren sin del av skatt på alminneleg inntekt frå personlege skattytarar, formuesskatt og eigedomsskatt i kommunar som har innført det. Nokre kommunar har inntekter frå naturressursskatt frå vasskraftverk. Storleiken på skatteinntektene avheng mellom anna av utviklinga i skattegrunnlaga og av dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrane. Rammetilskot blir løyvd på Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett, kap. 571 og 572.

Øyremerkte tilskot skal nyttast i tråd med formålet som er angitt for løyvinga. Øyremerkte tilskot utgjer 5,5 pst. av dei samla inntektene.

Gebyrinntektene er kommunale avgifter og eigenbetalingar for tenester som kommunane leverer til innbyggarane, til dømes tekniske tenester, helse- og omsorgstenester og barnehagar, og utgjer 14,5 pst. av dei samla inntektene. Meirverdiavgiftskompensasjon er refusjon til kommunesektoren for anskaffingar som er meirverdiavgiftspliktige, og utgjer 4,8 pst. av dei samla inntektene.

Tabell 2.3 Kommunesektoren sine inntekter i 2024

Mrd. kroner

Del av samla inntekter (pst.)

Endring frå 20231 (pst.)

Frie inntekter

504,5

71,9

4,8

Skatteinntekter

280,9

40,0

5,6

Rammetilskot

223,6

31,9

3,7

Øyremerkte tilskot2

38,5

5,5

24,2

Gebyr

101,4

14,5

4,8

Meirverdiavgiftskompensasjon

33,7

4,8

5,3

Andre inntekter

23,6

3,4

4,3

Totalt

701,7

100,0

5,7

1 Nominell endring. Berekningsgrunnlaget er anslag på rekneskap for 2023 korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar.

2 Ekskl. tilskot til kommunane sitt arbeid med flyktningar, personar med opphald på humanitært grunnlag og asylsøkarar.

2.1 Kommunesektoren sine inntekter i 2023

I saldert budsjett for 2023 vart det lagt opp til ein realvekst i dei frie inntektene på 2,6 mrd. kroner rekna frå inntektsnivået i revidert nasjonalbudsjett for 2022. Rekna frå anslag på rekneskap for 2022, der ein tok omsyn til auka skatteanslag i 2022 knytt til inntekt og formue på om lag 2,4 mrd. kroner, vart det omtrent ein nullvekst.

I Meld. St. 2 (2022–2023) Revidert nasjonalbudsjett 2023 vart realveksten i dei frie inntektene til kommunesektoren i 2023 rekna til -11,6 mrd. kroner når ein måler frå rekneskapen for 2022. Kompensasjon for auka kostnadsvekst mv. på 3,2 mrd. kroner var inkludert i berekninga. Ein må sjå inntektsutviklinga i 2023 i samanheng med ein betydeleg meirskattevekst mot slutten av 2022.

Realveksten i dei frie inntektene er no rekna til -4,0 mrd. kroner.4 Dette kjem av at skatteinntektene til kommunesektoren i 2023 er rekna til å bli 4,1 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Samstundes er kostnadsveksten for 2023 justert ned frå 5,2 pst. til 4,5 pst. Dette trekker isolert sett inntektsveksten i 2023 opp med 3,2 mrd. kroner. Samla sett har meirskatteveksten og lågare kostnadsvekst styrkt kommunesektoren sin økonomiske situasjon med 7,3 mrd. kroner etter revidert nasjonalbudsjett for 2023.

2.2 Kommunesektoren sine inntekter i 2024

I kommuneproposisjonen for 2024 la regjeringa opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på mellom 5,6 og 5,9 mrd. kroner. Det vart lagt opp til at kommunane skulle få 4,4–4,7 mrd. kroner av den samla veksten i frie inntekter, medan fylkeskommunane skulle få 1,2 mrd. kroner av veksten. Vidare vart det varsla at dersom anslaga for kostnadene til demografi og pensjon skulle bli vesentleg annleis enn lagt til grunn i kommuneproposisjonen for 2024, kan forslag til vekst i frie inntekter i statsbudsjettet for 2024 ende opp utanfor intervallet på 5,6–5,9 mrd. kroner.

I kommuneproposisjonen for 2024 vart det anslått ein vekst i kommunesektoren sine demografikostnader på 4,6 mrd. 2023-kroner. Av dette var 3,8 mrd. kroner knytt til tenester som blir finansiert av dei frie inntektene, noko som utgjorde 3,9 mrd. 2024-kroner, fordelt med om lag 0,8 mrd. kroner på fylkeskommunane og om lag 3,1 mrd. kroner på kommunane. Vidare vart det anslått ein vekst i kommunesektoren sine samla pensjonskostnader på om lag 1,2 mrd. kroner utover anslått lønsvekst i 2024.

Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) oppdaterte anslaget for demografikostnader i juni. Det nye anslaget er uendra samanlikna med kommuneproposisjonen for 2024.

Departementet har laga nytt anslag for veksten i kommunesektoren sine pensjonskostnader basert på oppdaterte tal frå pensjonsleverandørane. Anslaget viser no ein vekst i dei samla pensjonskostnadene utover anslått lønsvekst på 2 mrd. kroner. Det er 0,8 mrd. kroner høgare enn anslått til kommuneproposisjonen for 2024.

Regjeringa legg no opp til ein realvekst i sektoren sine frie inntekter på om lag 6,4 mrd. kroner, noko som svarer til ein realvekst på om lag 1,3 pst. Veksten er høgare enn øvre grense i intervallet som vart varsla i kommuneproposisjonen for 2024, og sikrar at kommunane og fylkeskommunane får dekt auka kostnader til demografi og pensjon innanfor veksten.

Inntektsveksten er rekna frå inntektsnivået i 2023 slik det vart anslått etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2023. Den samla kompensasjonen på 3,2 mrd. kroner for auka prisvekst mv., som vart vedtatt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, er inkludert i nivået.

Ved berekning av realvekst i kommunesektoren sine inntekter er det lagt til grunn ein pris- og lønsvekst på 4,3 pst. frå 2023 til 2024.

Regjeringa foreslår at veksten på om lag 6,4 mrd. kroner blir fordelt med om lag 5,1 mrd. kroner til kommunane og 1,3 mrd. kroner til fylkeskommunane.

Innanfor veksten til kommunane er 150 mill. kroner grunngitt med satsing på psykisk helse og rus, medan 100 mill. kroner er fordelt til dei kommunane som taper mest på modellen for gradert basiskriterium. I tillegg kjem 40 mill. kroner til helsestasjon og skulehelsetenesta, sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Helse- og omsorgsdepartementet. 300 mill. kroner av veksten til fylkeskommunane er grunngitt med omlegging av inntektssystemet.

Nærare om realveksten i samla inntekter

I tabell 2.1 er realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter på 13,1 mrd. kroner dekomponert.

Ved pålegg om nye eller utvida oppgåver for kommunesektoren, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar, blir kommunesektoren kompensert eller trekt i frie inntekter basert på endring i økonomisk belasting. Desse endringane blir haldne utanom berekna vekst i frie inntekter, men inngår i veksten i samla inntekter. For 2024 utgjer desse endringane i løyvingane samla sett ein auke på om lag 3,8 mrd. kroner. Endringane knyter seg til mellom anna tiltak på barnehageområdet, heilårseffekt av auka sosialhjelpssatsar og auka basistilskot og heilårseffekt av halverte ferjetakstar og gratis ferje.

Realveksten i øyremerkte tilskot er anslått til 2,4 mrd. kroner. Det kjem av mellom anna auka løyving til investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar, auka overføring til Havbruksfondet og tilskot til energitiltak i kommunale bygg.

Tabell 2.1 Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter i 2024

Mrd. kroner

Frie inntekter

6,4

Frie inntekter knytt til endringar i oppgåver1

3,8

Øyremerkte tilskot

2,4

Gebyrinntekter

0,5

Realvekst samla inntekter

13,1

1 Desse midlane blir løyvd som frie inntekter, men er ikkje med i veksten i frie inntekter fordi dei er knytt til endringar i pålagte oppgåver. Midlane er rekna med i veksten i dei samla inntektene.

Nærare om realveksten i frie inntekter

Tabell 2.2 viser anslag på kommunesektoren sine frie inntekter i 2023 og 2024 i løpande prisar. Inntektsnivået i 2023 er anslag på rekneskap i denne proposisjonen. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 mrd. kroner er medrekna. Inntektsnivået i 2023 er korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av kommunesektoren sine oppgåver. Hensikta med å korrigere for oppgåveendringar mv. er å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024. Det er gjort nærare greie for korreksjonar i programkategori 13.70, tabell 5.9.

I kommuneproposisjonen for 2024 vart det varsla at den kommunale skattøyren skal fastsettast ut frå ei målsetting om at skatteinntektene skal utgjere 40 pst. av kommunane sine samla inntekter. Anslaget på kommunesektoren sine skatteinntekter i 2024 bygger mellom anna på ein sysselsettingsvekst på 0,1 pst. og ein årslønsvekst på 4,9 pst. frå 2023 til 2024.

Forslag til kommunale og fylkeskommunale skattøyrar for 2024 er lagt fram i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024. Det er foreslått at den fylkeskommunale skattøyren blir redusert med 0,1 prosentpoeng til 2,35 pst. medan den kommunale skattøyren blir redusert med 0,2 prosentpoeng til 10,95 pst.

Etter dette er det anslått at skatteinntektene vil utgjere om lag 40 pst. av kommunesektoren sine samla inntekter i 2024.

Tabell 2.2 Kommunane og fylkeskommunane sine frie inntekter

Mill. kroner. Nominelle prisar1

Kommunane2

Fylkeskommunane2

Kommunesektoren i alt

20233

2024

Pst. endr.

20233

2024

Pst. endr.

20233

2024

Pst. endr.

Skattar i alt

224 958

237 620

5,6

41 000

43 250

5,5

265 958

280 870

5,6

Av dette skatt på inntekt og formue208 200

220 250

5,8

41 000

43 250

5,5

249 200

263 500

5,7

Rammetilskot4

169 460

175 198

3,4

46 151

48 389

4,9

215 611

223 588

3,7

Sum frie inntekter

394 418

412 819

4,7

87 151

91 639

5,2

481 569

504 458

4,8

1 Pris- og lønsveksten i kommunesektoren i 2024 (deflator) er anslått til 4,3 pst.

2 Oslo er delt i ein kommunedel og ein fylkeskommunedel.

3 Anslag på rekneskap korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar, jf. tabell 5.8 under programkategori 13.70.

4 Omfattar ikkje kap. 571, post 21 Særskilde driftsutgifter.

Grunnrenteskatt på havbruk

I Prop. 78 LS (2022–2023) Grunnrenteskatt på havbruk vart det lagt opp til at kommunesektoren skal få inntekter tilsvarande halvparten av provenyet frå grunnrenteskatten. Bruttoprovenyet frå grunnrenteskatten er anslått til 5 mrd. kroner påløpt for 2023. Kommunane får inntekter frå havbruksverksemda gjennom fleire verkemiddel. Vertskommunar og -fylke får inntekter frå produksjonsavgifta, som vart auka til 90 øre per kg frå 1. juli 2023. Samstundes er vertskommunane og -fylka sin del av inntektene frå sal av ny løyvekapasitet auka frå 40 pst. til 55 pst.

I tillegg la regjeringa i Prop. 78 LS (2022–2023) opp til å gi ei ekstraløyving i år der grunnrenta er høg, fordelt til kommunane etter kostnadsnøkkelen i rammetilskotet og til fylkeskommunane. Regjeringa foreslår no at ekstraløyvinga blir nytta til å delfinansiere tiltak på barnehageområdet. Midlane til barnehagetiltaka er foreslått plassert på kommunane sitt rammetilskot.

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kommunal- og distriktsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var følgde opp ferdig. I tabellen nedanfor blir det og opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei)

2022–2023

14

Husbankens arbeid med energitiltak for låginntektshushaldningar

Ja

2022–2023

15

Gebyrfri søknad om byggesak for energioppgradering

Ja

2022–2023

24

Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg

Nei

2022–2023

88

Husleigelovutval

Ja

2022–2023

196

Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame

Nei

2022–2023

197

Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer

Nei

2022–2023

380

Evaluering av støttetiltaka for Aust-Finnmark

Ja

2022–2023

383

Statlege arbeidsplassar til Finnmark

Ja

2022–2023

452

Materialbankar for ombruk av byggevarer

Ja

2022–2023

453

Innrapportering av avfallsmengdene frå bygge- og anleggsbransjen

Ja

2022–2023

454

Strategi for massehandtering

Nei

2022–2023

455

Digital marknadsplass for overskotsmassar

Nei

2022–2023

583

Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar

Nei

2022–2023

584

Deling av data med stor samfunnsmessig verdi

Ja

2022–2023

651

Oppfølging av vedtak nr. 383 (2022–2023)

Ja

2022–2023

667

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar

Ja

2022–2023

710

Marine grunnkart

Ja

2022–2023

780

Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins

Nei

2022–2023

819

Kapitalkostnadar ferjeavløysingsprosjekt

Ja

2022–2023

820

Eit meir utjamnande inntektssystem for kommunane

Nei

2022–2023

821

Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar

Nei

2022–2023

823

Namdalen og distriktstilskot Nord-Noreg

Nei

2022–2023

824

Evaluering av frikommuneforsøk

Nei

2022–2023

826

Terskelbeløpet i Merkur-ordninga

Ja

2022–2023

922

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye statlege byggeprosjekt

Nei

2022–2023

930

Bustøtte og trygdeoppgjer

Nei

2022–2023

931

Meir treffsikker bustøttesordning

Nei

2022–2023

934

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg

Nei

2021–2022

35 nr. 7

Lokal energiproduksjon, energieffektivisering og ladeinfrastruktur i burettslag

Ja

2021–2022

35 nr. 15

Nullutslepp eller fossilfrie anleggsplassar i planreglar

Nei

2021–2022

35 nr. 27

Levekår i byar

Ja

2021–2022

35 nr. 35

Blankoskøyter og plikt til tinglysing

Nei

2021–2022

35 nr. 42

Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester

Nei

2021–2022

35 nr. 43

Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester

Nei

2021–2022

35 nr. 54

Bustader for studentar i kommunale arealplanar

Nei

2021–2022

363

Kompensere kommunane og fylkeskommunane som følgje av smitteverntiltak

Ja

2021–2022

413

Leiarløningar i staten

Nei

2021–2022

722

Vindkraft på land

Ja

2021–2022

726

Energifleksibel oppvarming

Nei

2021–2022

791

Plan for breibanddekning II

Ja

2021–2022

792

Frikommuneforsøk

Ja

2021–2022

828

Meirutgifter til pandemien i kommunane og fylkeskommunane

Ja

2020–2021

1060

Utgreie rett til høghastigheitsinternett for alle husstandar

Ja

2020–2021

1066

Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar

Nei

2020–2021

1209

Klarare reglar for krav til sløkkevatn

Ja

2020–2021

1252

Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen

Nei

2018–2019

55

Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar

Nei

2016–2017

700

Stryke listekandidatar

Ja

2016–2017

845

Sørsamisk språk

Ja

2015–2016

646

Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise

Nei

2015–2016

861

Endringar i vallova

Ja

Stortingssesjon 2022–2023

Husbankens arbeid med energitiltak for låginntektshushaldningar

Vedtak nr. 14, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å styrke Husbankens arbeid med energitiltak for lavinntektshusholdninger, for eksempel ved å opprette en midlertidig låneordning som kan benyttes til installasjon av varmepumpe, etterisolering av bygg og andre relevante enøktiltak, i samspill med eksisterende enøkordninger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).

Låginntektshushaldningar blir ofte avgrensa som hushaldningar med inntekt under 60 pst. av nasjonal medianinntekt (EU60). For ein einsleg person tilsvarte låginntektsgrensa 251 600 kroner i 2021 (tal frå SSB). I 2022 hadde 16 pst. av hushaldningane ei inntekt som var under EU60 (tal frå SSB). I tal utgjorde dette 410 000 hushaldningar, der 163 000 var bustadeigarar og 247 000 hushaldningar leigde bustaden sin. Delen hushaldningar som leiger bustad, har auka dei siste åra og delen er særleg auka blant låginnteksthushaldningar. Lån kan i mange høve vere eit treffsikkert verkemiddel, men ei låneordning for installasjon av varmepumpe, etterisolering av bygg med vidare, vil truleg ikkje vere eit sterkt nok insentiv til å utløyse energitiltak for husstandar med låge inntekter. Husstandar med låge inntekter kan ha utfordringar med å finansiere sjølv delar av eit energitiltak, og mange har allereie høg gjeldsbelasting. I ei tid med høge renter, høg prisvekst og mogleg fall i bustadprisar, er det ikkje tilrådeleg å auke låneopptaket til desse hushaldingane. Dette er òg ei gruppe som ofte leiger bustaden dei bur i.

Som i 2022 og 2023, foreslår regjeringa å gi ekstra straumstøtte til bustøttemottakarar for januar til mars 2024, sjå nærare omtale under kap. 581, post 70. Det er òg vedtatt mellombelse endringar i bustøtteregelverket, som inneber markant høgare inntektsgrenser og dermed vesentleg fleire bustøttemottakarar enn i det ordinære regelverket. Regjeringa foreslår å vidareføre dei mellombelse endringane for januar til mars 2024. Dette treffer hushaldningar med låge inntekter godt.

Regjeringa oppretta i 2023 ei ny tilskotsordning, kap. 581, post 60 Energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Ved å redusere straumutgiftene i mellom anna kommunalt eigde utleigebustader, vil ordninga kunne bidra til lågare straumutgifter for dei husstandane som ikkje har straum dekt gjennom husleiga. Ordninga fekk ei løyving på 160 mill. kroner i saldert budsjett for 2023. I revidert nasjonalbudsjett vart løyvinga styrka med 103,8 mill. kroner, slik at den samla løyvinga i 2023 er 263,8 mill. kroner. Regjeringa vidarefører i 2024 ordninga under Olje- og energidepartementets budsjettområde. For nærare omtale, sjå kap. 1825, post 21 under Olje- og energidepartementet.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Gebyrfri søknad om byggesak for energioppgradering

Vedtak nr. 15, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med kommunene for å vurdere en midlertidig eller tidsbegrenset ordning der søknad om byggesak for energioppgradering gjøres gebyrfri.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).

I Veileder for beregning av selvkost og gebyrforskrift i byggesaker har departementet synleggjort handlingsrommet kommunane har til å ta lågare gebyr enn sjølvkost for tiltak dersom dei ønskjer det. Kommunane kan i gebyrforskrifta si gi føresegner som inneber reduksjon for å fremje visse typar tiltak. Dette kan til dømes vere ei føresegn om reduksjon ved prosjekt som inneber null-utslepp, universell utforming og andre formar for «grønt gebyr». Bruker dei dette høvet, er det kommunen som subsidierer sakene over dei frie inntektene sine dersom utgiftene overstig sjølvkost. Departementet vil informere KS om dette handlingsrommet.

Departementet meiner med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.

Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg

Vedtak nr. 24, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å midlertidig eller tidsbegrenset unnta mindre solenergianlegg fra søknadsplikt etter plan- og bygningsloven, med unntak for fredede og verneverdige bygg, og fjerne kravet om nettinnmelding på anlegg under 7 kW.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket som ein del av arbeidet med endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Husleigelovutval

Vedtak nr. 88, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sette ned et Husleielovutvalg som går gjennom Husleieloven for å vurdere hvordan den kan styrke leietagernes rettigheter, sikre grunnleggende botrygghet og at loven samsvarer bedre med dagens situasjon på leiemarkedet. Utvalget settes ned våren 2023, og en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 og Innst. 2 S (2022–2023).

Regjeringa har sett ned eit husleigelovutval, jf. kgl. res. 16. juni 2023 nr. 2023/25. Utvalet skal gå gjennom husleigelova og mellom anna vurdere og foreslå endringar som styrkjer leigarar sine rettar, sikrar grunnleggande butryggleik og som gjer at lova er tilpassa situasjonen i leigemarknaden. Utvalet skal òg vurdere endringar som gjer at lova betre enn i dag varetar interessene til dei ulike aktørane i leigemarknaden på ein god og samfunnstenleg måte. Departementet tar sikte på å legge fram eit forslag om endringar i delar av lova i inneverande stortingsperiode.

Departementet meiner med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.

Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame

Vedtak nr. 196, 12. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilket handlingsrom Norge har til å regulere digitale tjenester utover reguleringen i Digital Services Act og Digital Markets Act, med tanke på å vurdere konsekvenser ved et norsk forbud mot reklame som er basert på masseinnsamling av personopplysninger, sporing og profilering av enkeltpersoner på digitale plattformer. Vurderingen skal omfatte både innhentingen, bruken og eventuelt salg/utlevering av personopplysningene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).

Departementet er opptatt av ein god digitaliseringspolitikk som tek vare på både personvernet og næringsinteresser. Departementet vurderer, i dialog med andre departement som saka rører ved, korleis oppmodingsvedtaket best kan følgjast opp.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer

Vedtak nr. 197, 12. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede omfanget av og utfordringene rundt lagring av biometriske data fra norske forbrukere på sosiale medieplattformer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).

Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av Personvernkommisjonens rapport NOU 2022: 11 Ditt personvern – vårt felles ansvar.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Evaluering av støttetiltaka for Aust-Finnmark

Vedtak nr. 380, 19. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen evaluere støttetiltakene for Øst-Finnmark vedtatt ved behandlingen av Prop. 78 S (2021–2022), og orientere Stortinget på egnet måte, senest våren 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, Guri Melby og Sofie Høgestøl om ein omstillingspakke for Finnmark, jf. Dokument 8:269 S (2021–2022) og Innst. 95 S (2022–2023.

Oppmodingsvedtaket vart følgt opp i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, jf. omtale i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Statlege arbeidsplassar til Finnmark

Vedtak nr. 383, 19. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere utflytting og lokalisering av egnede statlige arbeidsplasser til Finnmark.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, Guri Melby og Sofie Høgestøl om ein omstillingspakke for Finnmark, jf. Dokument 8:269 S (2021–2022) og Innst. 95 S (2022–2023.

Regjeringa er opptatt av utviklinga i Finnmark og ser lokalisering av statlege verksemder i regionen som eit verktøy for styrking av lokale arbeidsmarknader og auka attraktivitet for busetting. Regjeringa er derfor opptatt av å legge til rette for at moglege alternativ for lokalisering av statlege arbeidsplassar i Finnmark også blir vurdert.

I retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon er det presisert at eitt av tre lokaliseringsalternativ som blir vurdert, skal ligge på sentralitet 3-6. Den tilhøyrande rettleiaren peikar på at lokalisering i Nord-Noreg bør bli vurdert. Som oppfølging av oppmodingsvedtaket vil regjeringa spisse denne oppmodinga til at «lokalisering i Nord-Noreg og særleg i Finnmark bør bli vurdert».

I lokaliseringssaker som denne regjeringa har behandla i tråd med retningslinjene, har følgjande blitt lagt til Finnmark:

  • Sekretariatet for tilsynsrådet for kriminalomsorga, fem stillingar til Vardø (nyetablering).

  • Fiskeridirektoratet: Leiarfunksjonen i Fartøy- og deltakerseksjonen blir lagt til Vadsø.

Regjeringa har gitt føring til alle statlege verksemder om å styrkje tilrettelegginga for desentralisert arbeid. Dette vil kunne gi høve til fleire å kunne enten ta med seg ein statleg jobb ved flytting til Finnmark, eller at folk som bur i Finnmark kan ha tilgang til statlege stillingar som blir utlyst med høve for desentralisert arbeid.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Materialbankar for ombruk av byggevarer

Vedtak nr. 452, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av materialbanker for ombruk av byggevarer, i samarbeid med aktører i bransjen og øvrige nordiske land.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).

Samordningsrådet for digitalisering har sett i gang fleire pilotprosjekt for å samordne digitaliseringsarbeid i bygge- og anleggsnæringa, og stimulere til betre digital informasjonsflyt, særleg for byggevarer med stort potensial for ombruk. Desse grepa støttar opp om etablering av digitale materialbankar. Vidare har regjeringa invitert bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa til dialog om klimapartnarskap. Å redusere dei samla utsleppa frå næringa vil mellom anna krevje meir sirkulære løysingar, og dialogen om klimapartnarskap skal synleggjere korleis ulike aktørar må bidra for å lykkast med dette.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Innrapportering av avfallsmengdene frå bygge- og anleggsbransjen

Vedtak nr. 453, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen effektivisere og digitalisere innrapportering av avfallsmengdene fra bygge- og anleggsbransjen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).

Samordningsrådet for digitalisering i bygg- og anleggsnæringa stimulerer næringsaktørane til å bruke nye metodar og arbeidsmåtar. Samordningsrådet har hausten 2023 ferdigstilt eit pilotprosjekt for å betre datagrunnlaget knytt til avfallsmengder. I arbeidet med piloten har ein sett på korleis avfall kan rapporterast digitalt frå dei ulike avfallsmottaka, og skissert ei konkret løysing på dataflyten som viser korleis tenestene kan fungere. Avfalls- og gjenvinningsnæringa har deltatt i pilotarbeidet, og vil sjå på vidare arbeid med korleis ei slik teneste kan implementerast.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Strategi for massehandtering

Vedtak nr. 454, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå relevant regelverk og utarbeide en tverrsektoriell strategi for massehåndtering i samarbeid med bygge- og anleggsnæringen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).

Ei bredt samansett direktoratsgruppe, som var leia av Miljødirektoratet, tilrår i rapporten «Tverrsektorielt prosjekt om disponering av jord og stein som ikke er forurenset», ei rekke tiltak for å sikre ein meir berekraftig forvaltning av reine overskotsmassar frå bygge- og anleggstiltak. Direktoratsgruppa viser til at det er uklarleiker i regelverket, ulik praksis og lite effektiv saksbehandling knytt til massehandtering. Det høgast prioriterte tiltaket er derfor å gjennomgå relevant regelverk og utarbeide ein tverrsektoriell rettleiar knytt til gjeldande regelverk for massehandtering.

Kommunal- og distriktsdepartementet startar hausten 2023 arbeidet med ein slik rettleiar, og har som mål at den vil vere klar i første kvartal 2024. Arbeidet vil skje i samarbeid med aktuelle departement og i dialog med bygge- og anleggsnæringa.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Digital marknadsplass for overskotsmassar

Vedtak nr. 455, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etableringen av en digital markedsplass for overskuddsmasser, etter modell fra Bærum ressursbank.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).

Ei bredt samansett direktoratsgruppe, som var leia av Miljødirektoratet, tilrår i rapporten «Tverrsektorielt prosjekt om disponering av jord og stein som ikke er forurenset», ei rekke tiltak for å sikre ei meir berekraftig forvaltning av reine overskotsmassar frå bygge- og anleggstiltak. Eit av tiltaka som vart forslått er å støtte etableringa av ein digital marknadsplass for overskotsmassar, og stimulere aktørar til å ta den i bruk. Bærum ressursbank, og deira samarbeidspartar, utviklar i dag eit marknadssystem med nye løysingar for framtidas handtering av overskotsmassar. Systemet skal etter planen bli klart sommaren 2024. Kommunen har fått 15 mill. kroner frå Innovasjon Noreg til å gjennomføre ei innovativ anskaffing for utvikling av systemet. Bærum ressursbank er i gang med ei pilotering med utvalde byggherrar og entreprenørar i Oslo-regionen. Kommunal- og distriktsdepartementet vil hausten 2023 gå i dialog med Bærum ressursbank med sikte på å vurdere moglegheita for å etablere eit tilsvarande system i ein nasjonal samanheng.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar

Vedtak nr. 583, 13. april 2023

«Stortinget ber regjeringen stille krav om at data gjøres tilgjengelig ved inngåelse av offentlige kontrakter, der det vurderes hensiktsmessig.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Linda Hofstad Helleland, Nikolai Astrup, Anne Kristine Linnestad og Heidi Nordby Lunde om datadreven industri, jf. Dokument 8:73 S (2022–2023) og Innst. 238 S (2022–2023).

Statens standardavtalar (SSA) er dei kontraktane som er mest brukt når det offentlege inngår avtaler om kjøp av IT og konsulenttenester. Som eit ledd i oppfølginga av Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – datadrevet økonomi og innovasjon, fekk Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) i 2022 i oppdrag å vurdere om det var bruk for endringar i SSA for å legge betre til rette for deling og gjenbruk av data. DFØ har utarbeidd ein rapport med forslag til tiltak, som mellom anna foreslår endringar i nokre av kontraktsmalane, kombinert med betre rettleiing i bruken av desse. Departementet har etterspurt ei tilleggsutgreiing til ovannemnde rapport frå DFØ. Arbeidet med tilleggsutgreiinga har forventa oppstart i tidleg 2024.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Deling av data med stor samfunnsmessig verdi

Vedtak nr. 584, 13. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke typer data som har såpass stor samfunnsmessig verdi at myndighetene bør pålegge datadeling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Linda Hofstad Helleland, Nikolai Astrup, Anne Kristine Linnestad og Heidi Nordby Lunde om datadreven industri, jf. Dokument 8:73 S (2022–2023) og Innst. 238 S (2022–2023).

EU har vedtatt Direktiv 2019/1024 Opne data-direktivet (ODD). Dette direktivet er ei omarbeiding av det tidlegare direktivet om vidarebruk (PSI-direktivet), men det pålegg òg landa nye krav. Eit viktig mål med direktivet er å redusere marknadsbarrierar for små og mellomstore bedrifter gjennom å redusere unntaka som gjer at offentlege organ kan ta meir betalt for data enn marginalkostnadane. Fordi direktivet omfattar fleire typar offentlege data enn før, vil tilgangen til offentlege data auke. Direktivet skal òg oppmode til deling av dynamiske data gjennom programmeringsgrensesnitt (API-ar).

ODD etablerer særlege reglar for det som blir kalla «datasett med høg verdi». Dette er datasett der vidarebruk kan gi viktige fordelar for samfunnet, miljøet og økonomien. Europakommisjonen kan definere tematiske område for datasett med høg verdi, og vedta gjennomføringsrettsakter med nærare krav til desse datasetta. Dei områda som er definert så langt er geografiske data, jordobservasjons- og miljødata, meteorologiske data, statistikkdata, selskaps- og eigarskapsregisterdata og mobilitetsdata (transportdata). Slike datasett skal vere gratis, tilgjengelege, maskinlesbare, levert gjennom API-ar og, når relevant, kunne massenedlastast.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Oppfølging av vedtak nr. 383 (2022–2023)

Vedtak nr. 651, 15. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen senest i statsbudsjettet for 2024 redegjøre for oppfølgingen av vedtak 383 (2022–2023).»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, André N. Skjelstad og Ane Breivik om ein lokaliseringspolitikk for statlege verksemder som sikrar utvikling av sterke og mangfaldige arbeidsmarknadsregionar rundt større byar på Sørlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, jf. Dokument 8:162 S (2022–2023) og Innst. 326 S (2022–2023).

Det blir vist til omtale under vedtak nr. 383, 19. desember 2022.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar

Vedtak nr. 667, 15. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen i retningslinjene for lokalisering av statlige arbeidsplasser om ikke å sidestille større byer og byområder med Oslo når det gjelder hvor nye og omlokaliserte statlige arbeidsplasser og virksomheter skal lokaliseres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, André N. Skjelstad og Ane Breivik om ein lokaliseringspolitikk for statlege verksemder som sikrar utvikling av sterke og mangfaldige arbeidsmarknadsregionar rundt større byar på Sørlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, jf. Dokument 8:162 S (2022–2023) og Innst. 326 S (2022–2023).

Ei sidestilling av Oslo med andre større byar i Noreg har aldri vore praktisert ved bruk av retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Praktiseringa av retningslinjene vil framleis vere at ein vurderer lokalisering til Oslo og andre av dei større byane i kvar einskild sak, ut frå sektorpolitiske og lokaliseringspolitiske mål. Kravet i retningslinjene om at eitt av tre lokaliseringsalternativ som blir vurdert skal ligge på sentralitet 3-6, vil ivareta at ein alltid vurderer moglegheitene for å lokalisere statleg verksemder i mindre sentrale kommunar, samstundes som eventuelle behov for lokalisering i større byar også vil bli synleggjort i utgreiinga.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Marine grunnkart

Vedtak nr. 710, 30. mai 2023

«Stortinget ber regjeringa setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa om marine grunnkart i kystsona, jf. Dokument 8:220 S (2022–2023) og Innst. 446 S (2022–2023).

Regjeringa følgjer effektane av pilotprosjektet for marine grunnkart nøye og er i dialog med etatane om dei beste tekniske løysingane. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart det satt av 3 mill. kroner til å bygge ein teknisk infrastruktur for marine grunnkart i Sør-Varanger.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins

Vedtak nr. 780, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at forhåndsstemmer og stemmer avgitt i en annen valgkrets enn der velger er manntallsført ved valgoppgjøret, fordeles på den krets der velgeren er manntallsført.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven), Innst. 431 L (2022–2023) og Lovvedtak 96 (2022–2023).

Forslaget vil krevje endring i den nye vallova, og det må gjerast ei større utgreiing for å sjå på korleis oppmodningsvedtaket kan følgjast opp.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kapitalkostnadar ferjeavløysingsprosjekt

Vedtak nr. 819, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at fergeavløsningsprosjekter som ferdigstilles mellom 2022 og 2027, får ta del i rentekompensasjonsordningen i tråd med vedtak nr. 1251 (2020–2021), jf. Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021).»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).

Den ordinære ferjeavløysingsordninga blir finansiert innanfor rammetilskotet til fylkeskommunane. Dette inneber at alle fylkeskommunar er med på å finansiere tilskot til ferjeavløysing. Som svar på oppmodingsvedtak nr. 727 (2019–2020), jf. Prop. 105 S Kommuneproposisjonen 2021 og Innst. 383 S (2019–2020), la Solberg-regjeringa i Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 fram forslag til eit nytt, øyremerkt tilskot til rentekompensasjon i ferjeavløysingsprosjekt. Forslaget om eit ekstra tilskot vart grunngitt med at ikkje dei andre fylkeskommunane skulle måtte medverke ytterlegare til finansiering av ferjeavløysingsprosjekt. Innanfor ei årleg ramme på 50 mill. kroner kunne fylkeskommunar få kompensert inntil 50 pst. av årlege rentekostnadar dei første fem åra etter at vegprosjektet er ferdigstilt, for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdigstilte mellom 2022 og 2027. På bakgrunn av eit nytt oppmodingsvedtak nr. 1251, jf. Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021), foreslo Solberg-regjeringa vidare at ein i dei årlege budsjettprosessane ville vurdere behovet for å utvide samla ramme, slik at alle ferjeavløysingsprosjekt som kjem inn under ordninga får eit samla tilskot på minst 25 pst. av berekna rentekostnadar.

Ut ifrå forslaget til ekstra rentekompensasjon lagt fram i Kommuneproposisjonen 2022, er det berre Nordøyvegen i Møre og Romsdal som er aktuelt for eit slikt tilskot no. Regjeringa foreslår å gi Møre og Romsdal fylkeskommune 160 mill. kroner til dekking av kapitalkostnadar og dermed betre økonomien i Nordøyvegen-prosjektet. Beløpet utgjer 25 pst. av årlege, berekna rentekostnadar over fem år for dette prosjektet, men vil bli utbetalt over to år.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Eit meir utjamnande inntektssystem for kommunane

Vedtak nr. 820, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennom behandlingen av endringer i kommunenes inntektssystem sikre intensjonen om et inntektssystem for kommunene som er mer utjevnende enn dagens.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).

Inntektssystemet skal jamne ut dei økonomiske skilnadene mellom kommunar og medverke til at kommunane kan gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane. For å fange opp endringar i kommunesektoren over tid må ein jamleg oppdatere systemet. Inntektssystemutvalet, som leverte utgreiinga si hausten 2022, vurderte heile inntektssystemet for kommunane, også denne problemstillinga.

Departementet vil vurdere utvalets tilrådingar og vil gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024.

Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar

Vedtak nr. 821, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av inntektssystemet for fylkeskommuner i forbindelse med fremleggelsen av kommuneproposisjonen våren 2027.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).

Departementet tar sikte på å kome tilbake til saka våren 2027, slik Stortinget har bedt om.

Namdalen og distriktstilskot Nord-Noreg

Vedtak nr. 823, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere om kommunene i Namdalen fortsatt skal sortere under distriktstilskudd Nord-Norge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).

Inntektssystemet skal jamne ut dei økonomiske skilnadene mellom kommunar, og medverke til at kommunane kan gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane. For å fange opp endringar i kommunesektoren over tid, må ein jamleg oppdatere systemet. Inntektssystemutvalet, som leverte utgreiinga si hausten 2022, vurderte heile inntektssystemet for kommunane, også denne problemstillinga.

Departementet vil vurdere utvalet sine tilrådingar og gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024.

Evaluering av frikommuneforsøk

Vedtak nr. 824, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av frikommuneforsøk på egnet tidspunkt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023). Regjeringa jobbar med å etablere eit opplegg for evaluering av forsøk og forsøksordninga. Kommunal- og distriktsdepartementet tar sikte på å lyse ut evalueringsoppdrag i løpet av hausten 2023.

Som varsla i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024, kapittel 6.1 tar departementet sikte på å orientere Stortinget om status for ordninga for forsøkskommunar og om pågåande forsøk i dei årlege kommuneproposisjonane.

Terskelbeløpet i Merkur-ordninga

Vedtak nr. 826, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere å øke terskelbeløpet for å komme inn i Merkur-ordningen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).

Merkur-programmet prioriterer dei minste og mest perifere Merkur-butikkane. Kommunal- og distriktsdepartementet vil denne hausten vurdere om prisstigning dei siste åra bør gi grunnlag for å heve terskelen for å få del i støtteordningane, og sjå det i samanheng med den samla ramma for støtteordningane. Ei eventuell heving av omsettingsgrensa for investeringsstøtte i Merkur-programmet vil truleg gi større konkurranse om dei økonomiske midlane. Per 30. juni 2023 er investeringsstøttemidlane for 2023 allereie i all hovudsak disponert. Dei større Merkur-butikkane med over 13 mill. kroner i omsetting har uansett tilgang på kompetansedelen av Merkur, men ikkje høve til å søke om støtte til økonomiske investeringar. Regjeringa vil gi ein omtale av vurderinga i Prop. 1 S (2024–2025).

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye statlege byggeprosjekt

Vedtak nr. 922, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen stille krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye statlige byggeprosjekter med oppstart av et forprosjekt i 2024, der ikke spesielle hensyn tilsier noe annet. Kravet skal også gjelde ved større oppgraderinger og rehabiliteringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket i komande prosjekt, og vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Bustøtte og trygdeoppgjer

Vedtak nr. 930, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at ingen mister bostøtte som følge av etterbetalingen for de årlige trygdeoppgjørene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).

Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt instruks til Husbanken om å skjerme alle etterbetalingar i juni 2023, slik at ingen tapar bustøtte på etterbetalingar etter trygdeoppgjeret. Det er ikkje tilstrekkeleg greidd ut om og eventuelt korleis ei permanent skjermingsordning kan etablerast.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Meir treffsikker bustøtteordning

Vedtak nr. 931, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2024 fremme forslag om endringer i bostøtteregelverket som gjør ordningen mer treffsikker for husholdninger med lave inntekter og høye boutgifter.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).

Ekspertgruppa som vart sett ned i 2020 for å gjennomgå bustøtta, leverte sin rapport i mai 2022. Gruppa etterlyser mellom anna ei forankring av regelverkssatsane i underliggande prinsipp og tilgjengeleg statistikk. Vidare peiker dei på at bustøtteordninga kan virke meir komplisert enn nødvendig. Departementet jobbar med å følgje opp ekspertgruppa sin rapport og ser oppmodningsvedtaket i lys av dette arbeidet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg

Vedtak nr. 934, 16. juni 2023:

«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvår 2024 sende på høring et forslag med krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye næringsbygg over 500 m2 utenfor LNF-områder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket som ein del av arbeidet med endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon 2021–2022

Lokal energiproduksjon, energieffektivisering og ladeinfrastruktur i burettslag

Vedtak nr. 35 nr. 7, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere ordninger som støtter opp om etablering av lokal energiproduksjon, energieffektivisering og etablering av ladeinfrastruktur i borettslag.»

Dokumentet som ligg til grunn er Innst. 2 S (2021–2022) Innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022.

Det er ei rekke tiltak, både gjennomførte og pågåande, som støttar opp om energiproduksjon, energieffektivisering og lading av elbil i burettslag og andre bustader. Andelseigarar i burettslag har fått rett til å setje opp ladepunkt. Det er krav i byggteknisk forskrift om at parkeringsplassar knytte til nye bygg skal vere ladeklare. Regjeringa har endra plusskundeordninga slik at straumkundar i burettslag kan sleppe nettleige og avgifter for forbruk av straum dei sjølv produserer og delar i burettslaget. Enova oppretta i 2022 kartleggingsstønad for klima- og energitiltak i burettslag. Dei støttar òg varmesentralar basert på fornybare energikjelder, der òg burettslag og sameige kan søkje. I tillegg kan enkelte tiltak under Enova sitt tilskot vere relevante for dei som bur i burettslag og sameige. Enova arbeider òg med ei styrka satsing på energi i breitt og energieffektivisering meir spesifikt. Dette inneber mellom anna ein ny investeringsstønad retta mot burettslag, sameige og yrkesbygg som koplar stønaden til energimerket og forbetra energiyting basert på ei grundig kartlegging. Samla sett støttar dette opp om lokal energiproduksjon, energieffektivisering og etablering av ladeinfrastruktur i burettslag utan at det er behov for nye ordningar. Regjeringa vil legge fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi som har stor merksemd på redusert energibruk i bygg.

Departementet meiner med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.

Nullutslepp eller fossilfrie anleggsplassar i planreglar

Vedtak nr. 35 nr. 15, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å endre plan- og bygningsloven for å sikre at kommunene har hjemmel til å kunne stille krav om nullutslipp eller fossilfrie anleggsplasser i planbestemmelser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Kommunal- og distriktsdepartementet oppretta saman med Klima- og miljødepartementet ei arbeidsgruppe for å greie ut korleis kommunane skal kunne stille klimakrav til byggeplassar, anten gjennom plan- og bygningslova eller forureiningslova. Arbeidsgruppa ga Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut korleis ein lovheimel kan innrettast. Miljødirektoratet gjekk i si utgreiing langt i å peike på forureiningslova som eigna for ein lovheimel. På bakgrunn av dette har dei to departementa bede Miljødirektoratet om å utarbeide eit høyringsnotat der forureiningslova leggast til grunn for ein heimel. Høyringsnotatet er til vurdering i departementa.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Levekår i byar

Vedtak nr. 35 nr. 27, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om levekår i byer innen utgangen av 2022, saken skal blant annet vurdere Jenssen-utvalgets forslag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Regjeringa la i august 2023 fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Blankoskøyter og plikt til tinglysing

Vedtak nr. 35 nr. 35, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Oppmodingsvedtakets underliggande problemstilling må sjåast i samanheng med den moglege bruken til styresmaktene av opplysningar om eigarskap til aksjar og fast eigedom. Finansdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt Skatteetaten, Brønnøysundregistera og Kartverket i oppdrag å kartlegge styresmaktene si moglege bruk av opplysningar om eigarskapsforhold til aksjar og fast eigedom. Dette kan gi grunnlag til å vurdere korleis styresmaktene kan arbeide vidare på området. Skatteetaten har ansvaret for å leie oppdraget og organisere samarbeidet med Brønnøysundregistera og Kartverket.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester

Vedtak nr. 35 nr. 42, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige tiltak for å sikre økt åpenhet og transparens i virksomheten til private tilbydere av offentlig finansierte velferdstjenester, herunder et offentlig register over alle private virksomheter som leverer offentlig finansierte velferdstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Det regjeringsoppnemnte Avkommersialiseringsutvalet har som ein del av mandatet sitt å vurdere korleis kommersielle aktørar i velferdstenestene kan regulerast sterkare, til dømes gjennom krav om openheit om økonomi, eigarskap og driftsavtalar. Utvalet skal òg gi ein juridisk definisjon av ideell verksemd og vise korleis ideelle aktørar kan registrerast, eksempelvis etter ein modell lik Frivillighetsregisteret. Avkommersialiseringsutvalet skal levere si utgreiing innan 1. juni 2024. I etterkant av at utvalet har avlevert utgreiinga, vil Kommunal- og distriktsdepartementet i samarbeid med aktuelle departement, vurdere korleis utvalet sine tilrådingar kan følgast opp.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester

Vedtak nr. 35 nr. 43, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om å stille krav til at selskaper som leverer offentlig finansierte velferdstjenester, organiseres i egne rettssubjekter hvor det ikke er tillatt å drive annen virksomhet enn offentlig finansierte velferdstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Avkommersialiseringsutvalet skal vurdere korleis kommersielle aktørar kan regulerast strengare. Det gjeld mellom anna krav om at verksemda skal drivast i eit sjølvstendig rettssubjekt, forbod mot å driva anna verksemd i same rettssubjekt, avgrensingar i moglegheita for å ta ut utbytte eller krav om at delar av overskotet skal reinvesterast i verksemda med meir. Avkommersialiseringsutvalet skal levere si utgreiing innan 1. juni 2024.

På barnehagefeltet er det allereie frå 1. januar 2023 innført eit krav i barnehagelova om at kvar privat barnehage skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte i etterkant av utvalet sitt arbeid.

Bustader for studentar i kommunale arealplanar

Vedtak nr. 35 nr. 54, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere forslag til endringer i plan- og bygningsloven om at studentboliger blir et eget formål i kommunale arealplaner, innen utgangen av 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Kommunal- og distriktsdepartementet ga i februar 2022 Oslo Economics og NIBR, Oslo Met i oppdrag å vurdere behovet til kommunane for å gjere bustader for studentar til eit eige arealføremål, relevansen av eit lovforslag, og prinsipielle og juridiske problemstillingar knytt til dette. Oslo Economics og NIBR, Oslo Met leverte vurderingane sine til departementet 6. juli 2022. På grunn av dei økonomiske rammene er notatet ikkje ei fullstendig utgreiing. Mellom anna er ikkje dei samfunnsøkonomiske verknadene av ei lovendring vurdert, heller ikkje moglege verknader for sentrale aktørar som til dømes studentane sjølve, studentsamskipnadene og byggeselskap.

Kommunal- og distriktsdepartementet meiner det er nødvendig å kartlegge verknadene av eit lovforslag meir for å kunne konkludere om departementet skal sende eit lovforslag på høyring.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kompensere kommunane og fylkeskommunane som følgje av smitteverntiltak

Vedtak nr. 363, 24. januar 2022

«Stortinget ber regjeringen kompensere kommunene og fylkeskommunene for merutgifter og mindreinntekter som følge av nasjonale, regionale og lokale smitteverntiltak.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 51 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 (økonomiske tiltak i møte med pandemien og ekstraordinære strømutgifter) og Innst. 119 S (2021–2022).

Sjå nærare omtale under vedtak nr. 828, 17. juni 2022 om oppfølging av vedtaket.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Leiarløningar i staten

Vedtak nr. 413, 3. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte når utvalget som skal gjennomgå lederlønnssystemet i staten, har lagt frem sin rapport.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø, Audun Lysbakken, Grete Wold og Freddy André Øvstegård om lønsmoderasjon for høgtlønte i staten, jf. Dokument 8:22 S (2021–2022) og Innst. 156 S (2021–2022).

Leiarlønsutvalet overleverte rapporten sin til kommunal- og distriktsministeren 15. juni 2022.

Regjeringa er opptatt av å bidra til å rekruttere og behalde dyktige leiarar i staten, samstundes som det skal sikrast at leiarlønsutviklinga ikkje overskrid det som er gjennomsnittleg lønsutvikling i samfunnet. I Hurdalsplattforma går det fram at regjeringa vil lage nye retningslinjer for leiarløningar og andre type godtgjersler for leiarar i staten, som bidrar til reduserte lønsforskjellar. Rapporten frå utvalet er eit viktig bidrag i dette arbeidet.

Regjeringa må halde seg til inngåtte tariffavtalar med hovudsamanslutningane, og kan ikkje einsidig endre systema for korleis ein løner leiarar i staten. Det vil derfor vere tett dialog med hovudsamanslutningane i dette arbeidet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget i lønsproposisjonen etter hovudtariffoppgjeret i 2024.

Vindkraft på land

Vedtak nr. 722, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig sende på høring forslag til endringer i plan- og bygningsloven for behandling av vindkraft på land, slik at nye vindkraftanlegg kan behandles etter både energiloven og plan- og bygningsloven, med sikte på ikrafttredelse av lovendringen 1. januar 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021)Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser og Innst. 446 S (2021–2022).

Regjeringa la våren 2023 fram Prop. 111 L (2022–2023) Endringer i energiloven og plan- og bygningsloven (vindkraft på land) for å styrkje den kommunale råderetten ved etablering av vindkraft på land. Endringane i plan- og bygningslova og energilova vart vedtekne av Stortinget 9. og 12. juni 2023, og vart satt i kraft frå 1. juli 2023. Endringane gir kommunane større formell styring over arealbruken i vindkraftsaker, mellom anna ved at det no er krav om at kommunane må vedta ein områderegulering før det kan bli gitt konsesjon etter energilova.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Energifleksibel oppvarming

Vedtak nr. 726, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede energieffekten og konsekvenser for byggekostnadene av å stramme inn kravet til energifleksibel oppvarming, og vurdere hvor mye kravet kan strammes inn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 446 S (2021–2022) Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), representantforslag om å forlenge strømkompensasjonen, representantforslag om å bygge opp ei kraftfull norsk havvindsatsing, representantforslag om energipolitikk for framtida, representantforslag om hurtigspor for flytande havvind, representantforslag om uavhengige konsekvensutgreiingar i vindkraftsakar og representantforslag om energi for framtida.

Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket som ein del av arbeidet med endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Plan for breibanddekning II

Vedtak nr. 791, 14. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i statsbudsjettet for 2023 med status og plan for hvordan det kan legges til rette for at alle norske nødmeldingssentraler, rådhus og andre viktige offentlige administrasjonsbygg, skoler og transportknutepunkter skal ha tilbud om minst 1 Gbit/s nedlastingshastighet og minst 100 Mbit/s opplastingshastighet innen utgangen av 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023 og Innst. 460 S (2021–2022).

Ifølgje berekningar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit var dekninga for fleire av dei ulike kategoriane av institusjonar og stadar som er nemnt i oppmodingsvedtaket 100 pst. ved utgangen av 2022, dette gjaldt mellom anna sjukehus, naudmeldingssentralar og flyplassar. For andre kategoriar står framleis noko att før alle er dekt, dette gjeld mellom anna grunnskolar og trafikknutepunkt, med unntak av flyplassar. Departementet vil legge til rette for at den eksisterande støtteordninga for breiband skal bidra til at alle dei nemnde institusjonane kan få tilbod om 1 Gbit/s nedlastingshastigheit og minst 100 Mbit/s opplastingshastigheit innan utgangen av 2025.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Frikommuneforsøk

Vedtak nr. 792, 14. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av frikommuneforsøk etter inspirasjon fra Danmark og komme til Stortinget med en sak om dette senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023 og Innst. 460 S (2021–2022).

I tillegg blir det vist til Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024, kapittel 6.1 der det går fram at departementet tar sikte på å orientere Stortinget om status for ordninga for forsøkskommunar og om pågåande forsøk i dei årlege kommuneproposisjonane. Vi viser òg til vedtak nr. 824, 13. juni 2023 om evaluering av frikommuneforsøk og departementet si oppfølging av dette.

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at den vil gi større fridom til kommunale og regionale myndigheiter, som ein del av tillitsreforma. Forsøk gjer det mogleg å drive innovasjon og utprøving der kommunane får unntak frå krav i lov og forskrift. Forsøkslova gir heimel for å igangsette forsøk, og ein del andre lover har spesifikke heimlar for å gi unntak frå lovkrav gjennom forsøk.

Regjeringa har no etablert ei frikommuneordning innanfor gjeldande forsøksheimlar, og har invitert kommunar og fylkeskommunar til å søkje om forsøk. Fristen for å sende førebels søknad var 8. september 2023.

Kommunal- og distriktsdepartementet og aktuelle fagdepartement kan etter ei vurdering av søknadene gi unntak frå gjeldande lovkrav med heimel i forsøkslova eller forsøksheimlar i særlover. Forsøka bør ha ein varigheit som er tilstrekkeleg lang til å vurdere om føremålet med forsøket blir oppnådd, normalt tre til fire år.

Departementa samarbeider med KS om forsøksordninga og om eit opplegg for læring og erfaringsutveksling for kommunar og fylkeskommunar som deltar i ordninga.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Meirutgifter til pandemien i kommunane og fylkeskommunane

Vedtak nr. 828, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag i nysalderingen av statsbudsjettet for 2022 om å kompensere merutgifter til pandemien i kommunene og fylkeskommunene i perioden 2020 til første halvår 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 og Innst. 450 S (2021–2022).

Arbeidsgruppa som vurderte dei økonomiske konsekvensane av pandemien for kommunesektoren, la i september 2022 fram ein rapport som omhandla 1. halvår 2022. Anslaget for meirutgifter og inntektsbortfall for kommunesektoren i 1. halvår 2022 var 8,8 mrd. kroner.

Ved behandlinga av Prop. 23 S (2022–2023) fekk kommunesektoren ei tilleggsløyving på 7,3 mrd. kroner, fordelt med 6,9 mrd. kroner til kommunane og 0,4 mrd. kroner til fylkeskommunane. Dette kom i tillegg til ei løyving på 1,5 mrd. kroner som allereie var gitt. Med dette vart både kommunane og fylkeskommunane samla sett fullt ut kompenserte for meirutgifter og mindreinntekter i 1. halvår 2022. I 2020 og 2021 var koronakompensasjonen til kommunesektoren samla sett om lag 1,9 mrd. 2022-kroner høgare enn anslåtte meirutgifter og inntektsbortfall.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Stortingssesjon 2020–2021

Utgreie rett til høghastigheitsinternett for alle husstandar

Vedtak nr. 1060, 1. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede en rett til høyhastighetsinternett for alle husstander i Norge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester, Dokument 8:151 S (2020–2021) og Innst. 511 S (2020–2021).

Regjeringa har ambisiøse mål for breibanddekning, inkludert at alle husstandar skal ha tilbod om minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit innan 2025. Regjeringa foreslår ein auke på kap. 541, post 60 Breibandutbygging i 2024, og denne auken legg til rette for at fleire husstandar og verksemder skal få tilgang til høghastigheits breiband. Foreløpige tall frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at per første halvår 2023 var dekninga for breiband med 100 Mbit/s 96,6 pst. Analysys Mason berekna for departementet i november 2022 at det på det dåverande tidspunktet ville koste i overkant av 1,5 milliardar kroner i offentleg stønad å bygge ut breiband med minst 100 Mbit/s til alle.

Ein rett til høghastighets internett for alle husstandar i Noreg vil kunne bli etablert gjennom ein leveringsplikt på ein eller fleire tilbydarar. Regjeringa har høyrd eit forslag om ein lovheimel for å kunne pålegge leveringsplikt for breiband i Noreg. Her foreslår regjeringa at det blir innført ein lovheimel for å kunne pålegge leveringsplikt for breiband i Noreg. Høyringa inneheld ein nærmare omtale av korleis ein slik leveringsplikt kan innrettast.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar

Vedtak nr. 1066, 1. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbygging av mobil- og internettdekning langs eksisterende riksveier, som spesifiserer dekningshull og kostnadene for utbedring av disse, og innarbeide dette i revidert nasjonalbudsjett for 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester og Innst. 511 S (2020–2021).

I Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet vart det opplyst at departementet har vurdert resultata av ei gjennomført ekstern utgreiing og funne ut at det er behov for å gjere ytterlegare studiar. Departementet arbeider fortsett med ei ny utgreiing, som inneber å komplettere eksisterande resultat med fleire målingar langs enda fleire riksvegar. Dette vil gjere det mogleg å få eit meir presist situasjonsbilde, og det vil gi eit betre grunnlag for å estimere kostnadene knytte til å utbetre dekningshol langs riksvegnettet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Klarare reglar for krav til sløkkevatn

Vedtak nr. 1209, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen om å oppstille klare vilkår i regelverket for i hvilke tilfeller kommunene kan fravike de preaksepterte løsningene i byggteknisk forskrift (TEK17) § 11-17 og forskrift om brannforebygging § 21 til ugunst for utbygger hvor det brannprosjekteres med tankbil.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Andreas Limi, Erlend Wiborg, Per-Willy Amundsen, Kjell-Børge Freiberg og Helge André Njåstad om å sikre meir føreseielege reglar for krav til sløkkevatn, jf. Dokument 8:238 S (2020–2021) og Innst. 583 S (2020–2021). Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for byggteknisk forskrift, og Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for forskrift om brannførebygging.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har, i samarbeid med Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), endra rettleiaren til det relevante kravet i byggteknisk forskrift § 11-17, slik at det no er tydelegare når det kan prosjekterast med tankbil som sløkkevatn.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen

Vedtak nr. 1252, 16. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av utredningen fra Inntektssystemutvalget vurdere lovverket slik at helsetjenester benyttet utenfor bostedskommunen i større grad kan belastes den kommunen tjenestemottaker betaler skatt til.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021).

Kommunen skal, i tråd med helse- og omsorgstenestelova, sørgje for at personar som oppheld seg i kommunen har tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Helse- og omsorgstenestene i kommunane blir i hovudsak finansierte av frie inntekter, som blir fordelte med utgangspunkt i folkeregistrerte innbyggarar i kommunen. Dette kan gi kommunar med mange hyttebebuarar utgifter som dei frie inntektene ikkje dekker. Samstundes har hyttekommunane også andre typar inntekter frå hyttebebuarane, som kommunale avgifter, eigedomsskatt og positive ringverknader for lokalsamfunna. Fleire offentlege utval har peikt på problemstillinga med finansiering av helsetenester til personar utanfor bustadkommunen. Inntektssystemutvalet, som leverte utgreiinga si hausten 2022, vurderte heile inntektssystemet for kommunane, også denne problemstillinga.

Regjeringa vil vurdere inntektssystemutvalets tilrådingar og gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024.

Stortingssesjon 2018–2019

Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar

Vedtak nr. 55, 27. november 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og sende på høring forslag om endring i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesserer. Herunder opplysningsplikt for statsråder og statssekretærer til å registrere sine tidligere oppdragsgivere og oppdragenes innhold der vedkommende, de siste to år før tiltredelse, har arbeidet med å fremme politiske eller næringsmessige interesser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen, Torgeir Knag Fylkesnes, Kari Elisabeth Kaski, Gina Barstad og Marius Meisfjord Jøsevold om opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar, jf. Dokument 8:108 LS (2017–2018) og Innst. 54 L (2018–2019).

Departementet sette hausten 2019 ned ei arbeidsgruppe for å utgreie forslaget. Arbeidsgruppa vart leia av Regjeringsadvokaten og hadde medlemmar frå Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Arbeidsgruppa leverte si utgreiing i juni 2022.

Departementet arbeider med å vurdere oppmodingsvedtaket i samband med oppfølging av Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan Group of States Against Corruption (GRECO) sin femte evalueringsrapport til Noreg og vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

Stortingssesjon 2016–2017

Stryke listekandidatar

Vedtak nr. 700, 23. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å gjeninnføre velgernes mulighet til å stryke listekandidater ved fylkestings- og kommunestyrevalg.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Helge André Njåstad, Ingebjørg Amanda Godskesen, Harald T. Nesvik, Ingjerd Schou, Michael Tetzschner og Frank J. Jenssen om å tillate stryking av listekandidatar ved fylkestings- og kommunestyreval, jf. Dokument 8:14 S og Innst. 306 S (2016–2017).

Regjeringa la fram Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) i mars 2023. Spørsmålet om å tillate stryking av listekandidatar ved fylkestings- og kommunestyreval vart drøfta, men regjeringa gjekk ikkje inn for dette. Stortinget behandla proposisjonen i juni 2023 og vedtok ny vallov i tråd med regjeringas framlegg.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Sørsamisk språk

Vedtak nr. 845, 8. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av NOU 2016: 18 Hjertespråket om å ha en særlig oppmerksomhet rettet mot sørsamisk språk og sammenhengene mellom språk, kultur og næring, og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte med konkrete forslag til oppfølging av dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2017–2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Innst. 16 S (2017–2018).

Kommunal- og distriktsdepartementet har lagt fram forslag til endringar i språkreglane i samelova, sjå Prop. 58 L (2022–2023) Endringer i sameloven (endringer i språkregler) pkt. 2.4. Stortinget vedtok endringar i samelova 30. mai 2023 og reglane tredde i kraft 1. juli 2023. Lovendringane er eit ledd i regjeringa si oppfølging av NOU 2016: 18 Hjertespråket.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Stortingssesjon 2015–2016

Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise

Vedtak nr. 646, 10. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som ved en nasjonal flyktningkrise gir kommunene myndighet til å fravike plan- og bygningsloven og grannelova. Det settes frist for kommunens beslutning, som treffes etter anmodning fra annen kommunal eller statlig myndighet. Saken overføres departementet hvis fristen ikke holdes, og departementet kan også ved overprøving prøve alle sider av saken. Beslutning om at det foreligger en nasjonal flyktningkrise kan treffes av Kongen i statsråd eller av departementet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 43 L (2015–2016) Endringer i plan- og bygningsloven (unntak ved kriser, katastrofer eller andre ekstraordinære situasjoner i fredstid) og Innst. 229 L (2015–2016).

Departementet har fremja proposisjon om mellombelse lovendringar for å handtere pandemi (2020 og 2021) og auka framkomst av flyktningar som følgje av invasjonen av Ukraina (2022), som Stortinget har vedtatt. Gjeldande beredskapsføresegn for å handtere auka framkomstar, er forlengt og gjeld fram til 1. juli 2024. Arbeidet med å følgje opp oppmodingsvedtaket har som følgje av dette blitt forseinka. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil evaluere beredskapsføresegna.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

Endringar i vallova

Vedtak nr. 861, 10. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et nytt forslag til endringer i valgloven § 7-2 og § 11-5 første ledd (personvalg ved stortingsvalg), hvor også merknader og forslag i denne innstilling er vurdert. Lovendringen foreslås iverksatt fra stortingsvalget i 2021.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 73 L (2015–2016) Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.) og Innst. 402 L (2015–2016).

Regjeringa la fram Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) i mars 2023. Spørsmålet om personval ved stortingsval vart drøfta, men regjeringa gjekk ikkje inn for dette. Stortinget behandla proposisjonen i juni 2023 og vedtok ny vallov i tråd med regjeringas framlegg.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

4 Oversikt over budsjettforslaget

4.1 Utgifter fordelte på programkategori og kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Det kongelege hus

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

443 859

253 912

279 250

10,0

2

H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa

11 181

11 572

12 292

6,2

Sum kategori 00.10455 040265 484291 5429,8

Sum programområde 00455 040265 484291 5429,8

Administrasjon

500

Kommunal- og distriktsdepartementet

761 551

966 868

1 547 573

60,1

502

Tariffavtalte avsetningar mv.

240 139

274 450

278 100

1,3

505

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

15 290 420

14 443 000

19 454 000

34,7

506

Yrkesskadeforsikring

92 495

95 000

95 000

0,0

507

Gruppelivsforsikring

199 536

270 000

240 000

-11,1

510

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

1 042 785

1 020 260

1 069 916

4,9

Sum kategori 13.0017 626 92617 069 57822 684 58932,9

Statsforvaltarane

525

Statsforvaltarane

2 043 034

2 116 455

2 360 876

11,5

Sum kategori 13.252 043 0342 116 4552 360 87611,5

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

530

Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga

2 493 573

3 353 450

5 759 981

71,8

531

Eigedomar til kongelege føremål

94 535

69 433

74 311

7,0

533

Eigedomar utanfor husleigeordninga

194 199

61 470

62 947

2,4

2445

Statsbygg

4 416 510

8 887 996

7 734 502

-13,0

Sum kategori 13.307 198 81712 372 34913 631 74110,2

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

540

Digitaliseringsdirektoratet

1 037 570

966 666

1 079 374

11,7

541

IT- og ekompolitikk

516 822

547 427

450 863

-17,6

542

Internasjonalt samarbeid

219 330

361 748

481 882

33,2

543

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

440 185

453 211

475 543

4,9

Sum kategori 13.402 213 9072 329 0522 487 6626,8

Personvern

545

Datatilsynet

68 410

78 127

82 241

5,3

546

Personvernnemnda

1 886

2 641

2 778

5,2

Sum kategori 13.4570 29680 76885 0195,3

Distrikts- og regionalpolitikk

553

Regional- og distriktsutvikling

1 466 447

1 185 724

1 447 765

22,1

554

Kompetansesenter for distriktsutvikling

99 686

95 100

105 130

10,5

Sum kategori 13.501 566 1331 280 8241 552 89521,2

Samiske føremål

560

Samiske føremål

574 040

605 894

662 790

9,4

563

Internasjonalt reindriftssenter

12 578

9 285

9 754

5,1

Sum kategori 13.60586 618615 179672 5449,3

Nasjonale minoritetar

567

Nasjonale minoritetar

55 952

59 014

67 630

14,6

Sum kategori 13.6755 95259 01467 63014,6

Kommunesektoren mv.

571

Rammetilskot til kommunar

148 172 128

161 625 247

175 221 375

8,4

572

Rammetilskot til fylkeskommunar

40 575 566

43 977 995

48 389 482

10,0

573

Kommunestruktur

200 000

213 674

6,8

575

Ressurskrevjande tenester

10 750 729

11 741 313

13 071 914

11,3

577

Tilskot til dei politiske parti

459 268

470 163

540 164

14,9

578

Valdirektoratet

50 992

120 583

61 265

-49,2

Sum kategori 13.70200 008 683218 135 301237 497 8748,9

Bustad, bumiljø og bygg

581

Bustad- og bumiljøtiltak

4 940 751

4 360 230

4 112 575

-5,7

585

Husleigetvistutvalet

37 082

37 754

40 150

6,3

587

Direktoratet for byggkvalitet

150 978

150 032

164 078

9,4

2412

Husbanken

20 810 045

21 270 799

23 391 339

10,0

Sum kategori 13.8025 938 85625 818 81527 708 1427,3

Planlegging, byutvikling og geodata

590

Planlegging og byutvikling

163 784

178 525

224 047

25,5

595

Statens kartverk

1 220 877

1 160 394

1 359 584

17,2

Sum kategori 13.901 384 6611 338 9191 583 63118,3

Sum programområde 13258 693 883281 216 254310 332 60310,4

Sum utgifter

259 148 923

281 481 738

310 624 145

10,4

4.2 Inntekter fordelte på programkategori og kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon

3505

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

8 022 043

8 137 000

9 447 000

16,1

3506

Yrkesskadeforsikring

80 079

80 000

85 000

6,3

3507

Gruppelivsforsikring

107 920

103 000

143 000

38,8

3510

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

182 803

112 777

117 739

4,4

5607

Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

723 256

1 842 000

2 716 000

47,4

Sum kategori 13.009 116 10110 274 77712 508 73921,7

Statsforvaltarane

3525

Statsforvaltarane

61 824

185 294

89 047

-51,9

Sum kategori 13.2561 824185 29489 047-51,9

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

3533

Eigedomar utanfor husleigeordninga

5 454

5 140

5 366

4,4

5446

Sal av eigedom, Fornebu

2 098

0,0

5447

Sal av eigedom utanfor statens forvaltningsbedrifter

1 322 996

0,0

Sum kategori 13.301 330 5485 1405 3664,4

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

3540

Digitaliseringsdirektoratet

308 743

329 485

318 785

-3,2

3542

Internasjonalt samarbeid

2 771

2 713

3 541

30,5

3543

Nasjonal kommunikasjons myndigheit

308

609 709

583 922

-4,2

5570

Sektoravgifter under Kommunal- og distriktsdepartementet

253 440

262 613

281 165

7,1

Sum kategori 13.40565 2621 204 5201 187 413-1,4

Personvern

3545

Datatilsynet

20 207

0,0

Sum kategori 13.4520 2070,0

Distrikts- og regionalpolitikk

3554

Kompetansesenter for distriktsutvikling

567

0,0

Sum kategori 13.505670,0

Samiske føremål

3563

Internasjonalt reindriftssenter

6 023

3 009

3 141

4,4

Sum kategori 13.606 0233 0093 1414,4

Kommunesektoren mv.

3571

Tilbakeføring av forskot

15 947

0,0

5616

Kommunalbanken AS

646 000

652 000

660 000

1,2

Sum kategori 13.70661 947652 000660 0001,2

Bustad, bumiljø og bygg

3585

Husleigetvistutvalet

2 692

2 736

3 271

19,6

3587

Direktoratet for byggkvalitet

37 397

34 990

42 820

22,4

5312

Husbanken

14 454 558

13 993 700

14 732 542

5,3

5615

Husbanken

2 014 222

5 244 000

5 581 000

6,4

Sum kategori 13.8016 508 86919 275 42620 359 6335,6

Planlegging, byutvikling og geodata

3595

Statens kartverk

819 701

789 422

831 245

5,3

5635

Electronic Chart Centre AS

5 107

3 000

100,0

Sum kategori 13.90824 808789 422834 2455,7

Sum programområde 1329 096 15632 389 58835 647 58410,1

Sum inntekter

29 096 156

32 389 588

35 647 584

10,1

Fotnotar

1.

Kilde: Norway | Countries | OECD Going Digital Toolkit.

2.

https://www.regjeringen.no/no/dep/kdd/org/styrer-rad-og-utvalg/viderebruksutvalget/id2926740/.

3.

Tiltakssona har, på lik linje med dei andre sonene i ordninga, òg ei ekstra arbeidsgivaravgift på 5 pst. for lønsinntekter over 825 000 kroner.

4.

Endringa frå revidert nasjonalbudsjett for 2023 inkluderer ei oppjustering av veksten på 320 mill. kroner som ved ein inkurie ikkje var med i vekstberekninga i revidert budsjett.

Til forsida