Del 2
Budsjettforslag
5 Nærare om budsjettforslaget
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programkategori 00.10 Det kongelege hus
Utgifter under programkategori 00.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
1 | H.M. Kongen og H.M. Dronninga | 443 859 | 253 912 | 279 250 | 10,0 |
2 | H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa | 11 181 | 11 572 | 12 292 | 6,2 |
Sum kategori 00.10 | 455 040 | 265 484 | 291 542 | 9,8 |
Innleiing
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for løyvingane til kongehuset. I tillegg til løyvingane under kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga og kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa, blir følgjande midlar brukt til kongelege føremål i 2024:
(i 1000 kroner) | |
---|---|
Kommunal- og distriktsdepartementet | |
Kap. 531 Eigedomar til kongelege føremål | 74 311 |
Utanriksdepartementet | |
Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet | 11 255 |
Forsvarsdepartementet | |
Diverse kapittel (H.M. Kongens adjutantstab) | 4 800 |
Kap. 1720 Sjøforsvaret (Kongeskipet og K/B Stjernen) | 52 000 |
Justis- og beredskapsdepartementet | |
Kap. 441 Oslo politidistrikt (eskortetenesta) | Oppgis ikkje |
Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Apanasje | 13 434 | 13 904 | 14 768 |
50 | Det kongelege hoff | 197 225 | 240 008 | 258 482 |
51 | Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff | 233 200 | 6 000 | |
Sum kap. 1 | 443 859 | 253 912 | 279 250 |
Post 01 Apanasje
Løyvinga dekker personlege utgifter for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.
Det blir foreslått å løyve 14,8 mill. kroner.
Post 50 Det kongelege hoff
Det kongelege hoffet er H.M. Kongen sin organisasjon, som skal støtte H.M. Kongen og Kongefamilien. Det kongelege hoff førebur og legg til rette for kongefamilien sin offisielle verksemd, og utfører andre nødvendige støttande funksjonar.
Løyvinga blir brukt til kongehuset sine utgifter til offisielle oppgåver og drift av organisasjonen, mellom anna løn for alle tilsette. Løyvinga skal òg dekke utgifter til jamleg indre vedlikehald og utvikling av dei statlege kongelege eigedomane, Det kongelege slott, Bygdø kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og Oscarshall slott. Løyvinga blir foreslått auka med 3 mill. kroner, utover prisstigning, til løn og drift av tryggingsrelaterte IKT-tiltak.
Det kongelege hoffet rapporterer gjennom sin årsrapport på bruken av dei årlege løyvingane, der også årsrekneskap og revisorberetning kjem fram. Det kongelege hoffet beheld disposisjonsretten til utbetalte midlar dersom årsrekneskapen viser eit positivt driftsresultat, og det har ansvaret for å dekke eit eventuelt negativt årsresultat. Det kongelege hoffet rapporterer gjennom sin årsrapport på kor mykje av arbeidstida til dei tilsette som brukast til forvaltningsoppgåver, som mellom anna innhenting av tilbod og oppfølging av prosjekt på dei private kongelege eigedomane. Større/verdiaukane tiltak på dei private kongelege eigedomane blir finansierte av private midlar og blir utført av eksterne aktørar.
Det blir foreslått å løyve 258,5 mill. kroner.
Post 51 Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff
Løyvingar på posten skal dekke midlar til prosjekt som blir gjennomførte i regi av Det kongelege hoff. Sikringsprosjektet ved dei statlege og private kongelege eigedomane blir sluttført i 2023. Det kongelege hoff rapporterer om prosjektet i årsrapporten sin for 2022.
Det blir foreslått å løyve 6 mill. kroner til investeringar i nytt utstyr og system for å oppgradere delar av dei administrative IKT-systema og for å betre IKT-tryggleiken.
Kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Apanasje | 11 181 | 11 572 | 12 292 |
Sum kap. 2 | 11 181 | 11 572 | 12 292 |
Post 01 Apanasje
Løyvinga skal dekke kronprinsparet sine personlege utgifter, medrekna utgifter til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.
Det blir foreslått å løyve 12,3 mill. kroner.
Programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren mv.
Programkategori 13.00 Administrasjon
Utgifter under programkategori 13.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
500 | Kommunal- og distriktsdepartementet | 761 551 | 966 868 | 1 547 573 | 60,1 |
502 | Tariffavtalte avsetningar mv. | 240 139 | 274 450 | 278 100 | 1,3 |
505 | Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse | 15 290 420 | 14 443 000 | 19 454 000 | 34,7 |
506 | Yrkesskadeforsikring | 92 495 | 95 000 | 95 000 | 0,0 |
507 | Gruppelivsforsikring | 199 536 | 270 000 | 240 000 | -11,1 |
510 | Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa | 1 042 785 | 1 020 260 | 1 069 916 | 4,9 |
Sum kategori 13.00 | 17 626 926 | 17 069 578 | 22 684 589 | 32,9 |
Inntekter under programkategori 13.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3505 | Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse | 8 022 043 | 8 137 000 | 9 447 000 | 16,1 |
3506 | Yrkesskadeforsikring | 80 079 | 80 000 | 85 000 | 6,3 |
3507 | Gruppelivsforsikring | 107 920 | 103 000 | 143 000 | 38,8 |
3510 | Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa | 182 803 | 112 777 | 117 739 | 4,4 |
5607 | Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse | 723 256 | 1 842 000 | 2 716 000 | 47,4 |
Sum kategori 13.00 | 9 116 101 | 10 274 777 | 12 508 739 | 21,7 |
Innleiing
Programkategorien omfattar utgifter til drift og administrasjon av Kommunal- og distriktsdepartementet og utgifter til felles forskings- og utgreiingsoppgåver innanfor departementet sine fagområde.
Programkategorien omfattar òg løyvingar til enkelte fagområde:
Sikring av departementsbygningar.
Arbeidet med nytt regjeringskvartal.
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa.
Den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten.
Mål for programkategorien
Statlege verksemder er kompetente arbeidsgivarar med attraktive arbeidsplassar
Departementa mottek effektive fellestenester med riktig kvalitet
Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal
Mål 1 Statlege verksemder er kompetente arbeidsgivarar med attraktive arbeidsplassar
Verksemdene i staten skal vere moderne og attraktive arbeidsgivarar som klarer å rekruttere, utvikle og halde på kompetente medarbeidarar. For å lukkast med dette, må verksemdene ha høg endringskapasitet, møte kompetansebehova for framtida og ha leiarar som er kompetente og tydelege i utøvinga av arbeidsgivarrolla. Dei må òg legge til rette for godt partssamarbeid, tillitsbasert leiing og medverknad for dei tilsette.
Dei statlege verksemdene må utnytte moglegheitene for effektivisering, auka produktivitet og kostnadseffektiv drift. Verksemdene må ta initiativ til å gjennomføre fornying og omstilling, mellom anna ved digitalisering, oppfølging av tillitsreforma og forbetring av tenesteproduksjonen. Det er ei viktig målsetjing å sikre stort mangfald og inkludering i dei statlege verksemdene.
Utvikling av nye tenester, utnytting av ny teknologi og digitalisering, har verknad på staten sitt kompetansebehov og medarbeidarane sine arbeidsoppgåver. Tilrettelegging av utviklingstilbod for leiarar, og tilbod om kompetanseutvikling for medarbeidarar, er eit prioritert område og eit av hovudemna i den statlege arbeidsgivarstrategien.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har ansvaret for å støtte og rettleie dei statlege verksemdene i utøvinga av arbeidsgivarrolla. DFØ driftar den digitale læringsplattforma, som er ein sentral del av kompetanseutviklingstilbodet i staten. DFØ driftar òg Statens arbeidsgivarportal, som formidlar informasjon, gir høve for verksemdene til å utveksle erfaring og kunnskap, og gir tilgang til fagpersonar som kan yte meir skreddarsydd støtte.
Lønsoppgjera i staten skal gjennomførast i tråd med frontfagmodellen. Regjeringa ønskjer på sikt å få til likelydande hovudtariffavtalar igjen. Allereie i forhandlingane i 2022, vart det gjort endringar i hovudtariffavtalane som gjorde at avtalane nærma seg kvarandre.
Regelverket som gjeld i staten, skal vere tilpassa ei moderne statsforvaltning. Forutan inngåing av hovudtariffavtalar, inngår arbeid med særavtalar og hovudavtalen i staten òg i arbeidet. Vidare inngår regelverksutvikling knytt til statstilsettelova, tenestetvistlova og karantenelova, og utvikling av administrative føresegner og personalpolitiske føringar og retningslinjer som staten som arbeidsgivar har ansvaret for.
Kommunal- og distriktsdepartementet er ein pådrivar ovanfor dei statlege verksemdene for gjennomføring av arbeidsgivarpolitiske føringar og vedtak, til dømes knytt til tillitsreforma, likestilling, ikkje-diskriminering, og inkludering. Dette arbeidet er knytt til berekraftsmål 5 og 10, som handlar om likestilling mellom kjønna og anstendig arbeid for alle.
Mål 2 Departementa mottek effektive fellestenester med riktig kvalitet
Gode og effektive felles administrative tenester er ein føresetnad for at departementa skal kunna vareta rolla som sekretariat for politisk leiing. Felles løysingar, samling av kompetanse, standardisering og digitalisering gir sterke fagmiljø, auka effektivitet og betre kvalitet i oppgåveutføringa. I tillegg gir det stordriftsfordelar som kostnadseffektiv drift og forvaltning. Derfor er det viktig å halde fram arbeidet med utvikling av felles administrative tenester. Dette kjem òg fram av strategien for departementsfellesskapet, Gode hver for oss. Best sammen (2021–2025).
Strategien for departementsfellesskapet har òg eit perspektiv som går ut over det å legge til rette for auka bruk av fellestenester gjennom å vektlegge samordna utvikling og gjennomføring av politikk. Eit viktig tiltak i så måte er forsøksordninga med kjernegrupper som ei ny arbeidsform i departementa. Kjernegruppene er kjenneteikna ved at dei er oppretta på områder med samansette og komplekse utfordringsbilete, der mål og målgrupper er felles på tvers av mange departement, samordningsbehovet er på eit høgare nivå og tidshorisonten er lengre enn i ordinære tverrdepartementale grupper. Per i dag er det etablert kjernegrupper på følgjande område: utsette barn og unge, kunnskapsgrunnlag for krisehandtering, klima og omstilling, vatn og avløp og kompetanse i staten og departementa.
Viktige fellessatsingar i departementsfellesskapet i tida framover er mellom anna arbeidet med innføring av ei felles sak- og arkivløysing for departementa, jf. omtalen under kap. 500, post 27. Vidare er etablering av Departementsakademiet i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) ein sentral aktivitet. Akademiet skal utvikle og tilby relevante kompetansetilbod over eit breitt spekter for alle tilsette i departementa. Topptilbodet i akademiet er ein erfaringsbasert master i offentleg forvaltning som frå 2023 blir levert av Universitetet i Bergen og NHH Executive.
Arbeidet med etablering av felles IKT-tenester for Statsministerens kontor, alle departementa, Noregs utanriksstasjonar og DSS er òg ei viktig fellessatsing. Program for felles IKT-tenester, i det følgjande omtala som Programmet, skal etablere ei felles funksjonell, sikker, kostnadseffektiv og moderne IKT-løysing for behandling og deling av digital informasjon internt og eksternt. Programmet blir styrt av Forsvarsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet i fellesskap. Kartlegginga til Programmet viser at det er potensial for større utnytting av teknologi for å effektivisere og optimalisere arbeidsprosessar i departementsfellesskapet.
Det skal etablerast ei ny verksemd underlagd Kommunal- og distriktsdepartementet, med ansvar for levering av IKT-tenester til departementsfellesskapet. Tilsette i IKT-miljøa i DSS, Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet vil inngå i den nye verksemda. Verksemda skal i hovudsak vere lokalisert i Oslo. Eventuell lokalisering av nokre funksjonar utanfor Oslo skal underbygge målsettingane om sikre, kostnadseffektive og brukarvenlege tenester. Den nye verksemda vil levere plattformtenester og applikasjonar for forvaltning av ugradert skjermingsverdig informasjon. Plattformtenester og applikasjonar for forvaltning av låggradert informasjon (NBN) vil bli levert frå Forsvarsdepartementet. Programmet skal samle fagkompetansen til departementsfellesskapet innanfor IKT, og gjennom dette legge til rette for drift og forvaltning av IKT-tenester med høg effektivitet, høg grad av tryggleik og god brukarvenlegheit i samsvar med beste praksis.
Stortinget har ved behandling av Innst. 110 S (2022–2023) til Prop. 18 S (2022–2023), vedteke at Forsvarsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet kan setje i verk Programmet med ei kostnadsramme på 1 392 mill. 2023-kroner inkl. mva. (1 141 mill. 2023-kroner ekskl. mva.) for endringstrinn 1 og 2 i Programmet for perioden januar 2021 til våren 2025. Programmet er planlagt ferdigstilt i slutten av 2025. I Programmet er det mellom anna lagt til grunn at plattforma til DSS delvis skal kunne gjenbrukast. Som følgje av dataangrepet mot IKT-plattforma til DSS sommaren 2023, jf. omtalen under, vil Programmet vurdere ulike handlingsalternativ som inneber etablering av ei heilt ny plattform. Programmet vil òg vurdere om det er mogleg å forsere etableringa av plattforma til første halvår 2024. På grunn av dette kan det være aktuelt å planlegge delar av Programmet på nytt. Derfor er det noko uvisse i foreslått ramme for 2024 i Forsvarsdepartementet sin proposisjon. Det er førebels avsett 396 mill. kroner til Programmet i 2024.
Dataangrepet mot IKT-plattforma for 12 departement sommaren 2023
Sommaren 2023 vart IKT-plattforma for 12 departement og DSS utsett for eit dataangrep. Ein avansert og ressurssterk trusselaktør kom seg inn på e-postserverane på plattforma via løysinga for synkronisering av e-post for mobile einingar – «Ivanti Endpoint Manager». Tryggingsholet var ein såkalla 0-dags sårbarheit i programvara til Ivanti. Holet vart tetta kort tid etter at det vart oppdaga. Som følgje av at trusselaktøren var inne på serverane, vart e-postserverane på plattforma til DSS kompromitterte.
Kommunal- og distriktsdepartementet har sett i verk ei rekke risikoreduserande tiltak som følgje av dataangrepet. Departementet har bede DSS stengje ned serverane for synkronisering av e-post og dei kompromitterte serverane for e-post. DSS har, på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet, etablert ei ny, mellombels løysing for e-post. Som eit risikoreduserande tiltak vart ikkje historisk data overført til ny løysing for e-post i sky. Kommunal- og distriktsdepartementet har òg sett i gang eit omfattande arbeid med å sjå på rutinar for saksbehandling både på ugradert nett og begrensa nett.
Mål 3 Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal
Kommunal- og distriktsdepartementet legg til grunn tett oppfølging og stram kostnadsstyring av prosjektet. Byggetrinn 1 består av bygging av A- og D-blokka, kjellar, arbeid på Ring 1 og perimetersikring òg rehabilitering av Høgblokka (H-blokka).
I revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart kostnadsramma for byggetrinn 1 auka frå 22,6 mrd. kroner til 23,7 mrd. kroner (prisnivå per 1. juli 2023). Kostnadsramma vart justert på grunn av ekstraordinær prisvekst i byggenæringa, og auke i kostnadar til kjøp av Oslo hovudbrannstasjon. I prisnivå per 1. juli 2024 utgjer den nye kostnadsramma 24 mrd. kroner.
Av omsyn til tryggleiken i nytt regjeringskvartal kan passasjen under H-blokka likevel ikkje vere open, slik det har vore planlagt.
Kommunal- og distriktsdepartementet er, saman med Statsbygg og DSS, i gang med å planlegge sluttfasen av byggetrinn 1. Dette inneber mellom anna å planlegge for sjølve flytteprosessen, sørgje for god drift i departementa gjennom flytteperioden, og tilbakeføring av dei innleigde departementslokala til lågast mogleg kostnad.
I nytt regjeringskvartal vil IKT-løysingar for departementa bli organiserte i ei ny verksemd. Dette skal legge til rette for trygg og effektiv informasjonsbehandling i departementa i dei nye lokala.
Forprosjektet for byggetrinn 2 inneheld C-blokka, kjellararbeider (ein del av kjellararbeida er flytta frå byggetrinn 1), rehabilitering av Møllergata 13, 13b og 15 og kjøp av Møllergata 5 og 9 (flytta frå byggetrinn 1).
Omsynet til ei mest mogleg framdrifts- og kostnadseffektiv gjennomføring av byggetrinn 2 gjer at meir av det nødvendige kjellararealet blir etablert i byggetrinn 2. Regjeringsparken blir òg prosjektert, for at delar av parken kan etablerast i byggetrinn 2. Dette vil gi tilsette og brukarar av byen ein park i staden for ein byggeplass på eit tidlegare tidspunkt. I tillegg vil nødvendig rehabilitering av G-blokka etter planen bli gjennomført som ein del av byggetrinn 2.
Regjeringa vurderer både meir effektiv arealbruk for heile kvartalet, og om bruk av eksisterande bygg kan gi lågare kostnadar enn nybygg i byggetrinn 3.
Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2023 startløyving og kostnadsramme for ombygging av Hammersborg- og Vaterlandstunnelen (Ring 1). Ring 1 skal byggast om for å tilfredsstille krav til tryggleiken i nytt regjeringskvartal. Prosjektet blir gjennomført i regi av Statens vegvesen, i nært samarbeid med Statsbygg. I samband med Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart ny kostnadsramme satt til 3,6 mrd. kroner (prisnivå per 1. juli 2024).
Før Statens vegvesen bygger om Ring 1, må den gamle hovudbrannstasjonen i Møllergata/Hospitalgata bli riven. Det er no oppnådd semje med byrådet i Oslo om overtaking av hovudbrannstasjonen.
Kunnskapsdepartementet er oppdragsgivar for det nye 22. juli-senteret i nytt regjeringskvartal. Prosjektet fekk startløyving i samband med Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2022. Nærare omtale er gitt i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.
Arbeidet med å etablere den nasjonale minnestaden etter 22. juli 2011 i regjeringskvartalet blir gjennomført i to fasar. I fase 1 blir det heldt ein konkurranse om oppdraget og utvikling av eit forprosjekt. Fase 2 omfattar detaljprosjektering og bygging. KORO har ansvaret for fase 1, i nært samarbeid med Statsbygg og 22. juli-senteret. Planen er at juryen kårar ein vinnar våren 2025. AUF og Støttegruppa etter 22. juli har peika ut kvart sitt jurymedlem.
Rammene og programmet for minnestaden er utvikla i dialog med m.a. Støttegruppa, 22. juli-senteret og departementa. Det er utarbeidd eit overordna mål for minnestaden: «Det nasjonale minnestedet etter terrorangrepene i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 er et betydningsfullt sted å samles, minnes og reflektere for oss som samfunn, for alle berørte, og for de som mistet sine nære.»
Det er sett av 8,7 mill. kroner til arbeidet med minnestaden fram til og med 2024 over kap. 530, post 36. Etter at det er kåra ein vinnar, vil det bli fremma forslag om kostnadsramme for etablering av den nasjonale minnestaden.
KORO har òg ansvaret for kunstprosjektet i nytt regjeringskvartal. Det vart i 2021 satt av totalt 101,5 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2024) til utsmykking i byggetrinn 1, inkludert kunst i uteområda. Kunstnarar er valt til verka i bygolvet på Johan Nygaardsvolds plass ut mot Akersgata, og til «pyramiderommet» i A-blokka.
Arbeidet med energiløysinga for nytt regjeringskvartal og Sikker teknisk infrastruktur i regjeringskvartalet (STI) blir gjennomført som planlagt. Prosjekta skal vere ferdig høvesvis 2025 og 2024.
Eit viktig tryggingstiltak for nytt regjeringskvartal er etableringa av eit eksternt kontrollsenter for post og varer (EKPV) på Mastemyr i Nordre Follo kommune, for leveransar innanfor ytre perimeter. EKPV skal etter planen vere klart for bruk frå 2025. Det same gjeld etablering av ein trafikkontrollsentral for kontroll av trafikk innanfor perimeteret for nytt regjeringskvartal.
Forslag om løyvingar til nytt regjeringskvartal i 2024 blir omtalt under programkategori 13.30.
Tabell 5.1 Oversikt over kostnadsanslag og kostnadsrammer for ulike delar av nytt regjeringskvartal
Alle tal i kroneverdi per 1.7.2024 i mill. kroner | |||
---|---|---|---|
Kostnadsramme/ kostnadsestimat | Forventa kostnad (P50) | Kommentar | |
Byggetrinn 1 | 23 971,5 | 21 984,8 | Revidert kostnadsramme godkjent av Stortinget juni 2023. Forventa sluttkostnad (P50) i tråd med anbefaling frå ekstern kvalitetssikrer |
Byggetrinn 2 og 31 | 17 516,0 | Forprosjekt for byggetrinn 2 er under gjennomføring. Anslag basert på KS2-rapport for byggetrinn 1, OFP-rapport for byggetrinn 2, og oppdaterte berekningar så langt i forprosjektarbeidet | |
22. juli-senteret | 541,9 | 478,3 | Kostnadsramme (P85) på Kunnskapsdepartementets budsjett |
Ombygging av Ring 1 | 3 597 | 2 974 | Revidert kostnadsramme godkjend av Stortinget juni 2023 |
STI-fase 1 | 2 162 | 2 162 | Prosjekt gjennomført. Sluttoppgjer med entreprenør er avklart innanfor kostnadsramma, og berekna til 2 162 mill. kroner (kroneverdi per oktober 2021) |
STI-fase 1 | 2 177,7 | 2 038,6 | Kostnadsramme (P85) godkjend av Stortinget desember 2020 |
Energiløysing | 3 211,0 | 2 510,7 | Revidert kostnadsramme (P85) godkjend av Stortinget juni 2021 |
Brukarutstyr byggetrinn 1 | 351,9 | 294,5 | Kostnadsramme godkjend av Stortinget desember 2021 |
Overslag samla kostnad | 53 529 |
1 Det er utarbeidd kostnadsestimat, men ikkje godkjend kostnadsramme. Anslaget er førebels, og usikkerheita knytt til anslaget er stor.
Kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 438 937 | 442 309 | 497 631 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 105 975 | 85 641 | 77 395 |
23 | Husleige for fellesareal m.m. | 102 801 | 123 989 | 129 809 |
25 | Nytt regjeringskvartal, prosjektstyring, kan overførast | 1 970 | 4 259 | 4 520 |
27 | Sak- og arkivløysing, kan overførast | 49 851 | 40 652 | 66 447 |
30 | Nytt regjeringskvartal, ombygging av Ring 1, kan overførast | 205 000 | 545 000 | |
50 | Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd m.m. | 60 000 | 61 830 | 175 441 |
51 | Gjennomstrøymingsmidlar til forskingsinstitutt | 48 437 | ||
70 | Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 2 017 | 3 188 | 2 893 |
Sum kap. 500 | 761 551 | 966 868 | 1 547 573 |
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for fornying av offentleg sektor, IT-politikk, elektronisk kommunikasjon, bustads- og bygningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, økonomiske og juridiske rammevilkår for kommunesektoren, gjennomføring av val, planlegging og kart- og geodata, samar og nasjonale minoritetar, oppfølging av berekraftsmåla, personvern, statleg arbeidsgjevarpolitikk, sikkerheit og fellestenester for departementa, overordna ansvar for statlege bygg og statsforvaltarane og budsjettet for Kongehuset.
Kommunal- og distriktsdepartementets organisering i 2024:
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker i hovudsak løn, husleige og andre faste driftsutgifter i Kommunal- og distriktsdepartementet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 20,4 mill. kroner for å dekke utgifter til nødvendig IKT-utstyr og lisensar som følgje av at dei tolv departementa på felles IKT-plattform i større grad skal arbeide på Nasjonalt BEGRENSET nett (NBN). Løyvinga skal dekke auka utgifter for alle dei tolv departementa.
I 2023 vart auka driftsutgifter til e-postsynkronisering i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa finansiert ved brukarbetaling. Det blir foreslått å tilbakeføre midlar til Kommunal- og distriktsdepartementet ved å auke løyvinga med 113 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 510, post 45.
Som ein del av nytt regjeringskvartal blir det etablert eit anlegg for Sikker teknisk infrastruktur (STI). Det vart i 2023 løyvd 3,2 mill. kroner til å opprette ein driftsorganisasjon for STI, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023). Det blir foreslått å løyve 6,5 mill. kroner for å dekke utgiftene til driftsorganisasjonen i heile 2024.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 393 000 kroner for å dekke heilårsverknaden av å delfinansiere Departementsakademiet, jf. nærare omtale under kap. 510, post 01.
I 2023 vart ansvaret for å handsame klagesaker etter Finnmarkslova § 27 overført frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Landbruks- og matdepartementet. Til dekning av heilårsverknaden blir det foreslått å redusere løyvinga med 240 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1100, post 01 under Landbruks- og matdepartementet.
I samband med at Digitaliseringsdirektoratet frå 1. januar 2024 vil overta ansvaret for å forvalte tilskot til hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg kompetanse blir det overført eitt årsverk frå departementet til direktoratet. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 540, post 01.
Det er behov for å overføre husleiemidlar frå Klima- og miljødepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1400, post 01 under Klima- og miljødepartementet.
Det er ønskeleg at Kommunal- og distriktsdepartementets driftsutgifter i størst mogleg grad blir samla på departementet sin driftspost. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 571, post 21.
Frå 1. juli 2023 vart koordineringsansvaret for nordområdepolitikken overført frå Utanriksdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet. Til dekning av heilårsverknaden blir det foreslått å auke løyvinga med 600 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 100, post 01 under Utanriksdepartementet.
I samband med at ansvaret for å forvalte avtala med det norske Barentssekretariatet frå 1. januar 2024 blir overført frå Utanriksdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet, blir det foreslått å auke løyvinga med 205 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 100, post 01 under Utanriksdepartementet.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 143 000 kroner som følgje av innsparing knytt til meir effektive leigekontraktar for statlege verksemder.
Samla blir det foreslått å løyve 497,6 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3500, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Løyvinga skal dekke departementet sitt behov for kjøp av statistikk, data, utgreiingar, evalueringar og formidling av kunnskap og gjennomføring av mellombels tiltak og prosjekt.
Rapport
Løyvinga vart i hovudsak nytta til prosjekt innanfor områda arbeidsgivarpolitikk, effektivisering og fornying, planlegging og bypolitikk, regional- og distriktspolitikk, bustad- og bygningspolitikk, urfolk og nasjonale minoritetar, departementslokalar og nytt regjeringskvartal.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I 2021 fekk Direktoratet for forvaltning og økonomistyring i oppdrag å utvikle og etablere eit system for å samle inn og arbeide med løns- og personalopplysningar om dei tilsette i staten, til bruk i dei statlege lønsoppgjera. For å dekke varige utgifter til drift av systemet, blir det foreslått å redusere løyvinga med 3,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over Finansdepartementets budsjett.
I 2023 vart løyvinga auka med 15,8 mill. kroner til delfinansiering av Kartverkets arbeid med utvikling av ny teknisk løysing for deling av kommunar og fylkeskommunar i matrikkelen (Ny Marty). Det blir foreslått å redusere løyvinga med 11,8 mill. kroner, slik at det står att 4 mill. kroner til dekning av utgifter i 2024.
Det er tidlegare overført midlar til Utanriksdepartementet til å dekke Kommunal- og distriktsdepartementets del av utgiftene til Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet). Som følgje av fleire gjevarland og fleire deltakande departement enn forutsett har departementet sitt bidrag til Havpanelet blitt redusert, og det blir foreslått å auke løyvinga med 234 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 118, post 21 under Utanriksdepartementet.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 450 000 kroner i samband med at perioden til Handlingsplan mot antisemittisme 2021–2023 – en videreføring er ferdig. Det blir i staden foreslått å auke løyvinga til dei jødiske samfunna i Noreg med 3 mill. kroner, til vidareføring av tiltak frå handlingsplanen, på kap. 567, post 72. Vidare blir tilskot til Det jødiske museet i Trondheim foreslått vidareført, jf. omtale under kap. 500 post 70.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 500 000 kroner til gjennomføring av ein konferanse om FNs tiår for urfolksspråk 2022–2032 i Bodø, i samband med at Bodø er europeisk kulturhovudstad i 2024. Konferansen vil bli arrangert i samarbeid med Sametinget og andre samarbeidspartnarar.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner til koordinering, utgreiingar, kunnskapsformidling og nettverksarbeid som ein del av arbeidet med områdesatsingane, jf. omtale under kap. 590 post 65.
Samla blir det foreslått å løyve 77,4 mill. kroner.
Post 23 Husleige for fellesareal m.m.
Løyvinga skal dekke husleige for ledige areal i R5, kapitalkostnadar for Sikker teknisk infrastruktur (STI) – fase 1, utgifter til erstatningslokale og andre følgjekostnadar knytt til regjeringslokala.
Det blir foreslått å løyve 129,8 mill. kroner.
Post 25 Nytt regjeringskvartal, prosjektstyring, kan overførast
Løyvinga skal dekke innkjøp av fagleg bistand og utgreiingar til departementet sitt arbeid med nytt regjeringskvartal, medrekna vurderingar av sikkerheitsspørsmål, gevinstrealisering og prosjektstyring.
I 2022 vart det brukt midlar til å styrkje kapasiteten og kompetansen i departementet for å bidra til god styring av prosjektet. Det vart òg brukt midlar på bistand til arbeidet med gevinstrealisering, i tillegg til eksterne kvalitetssikringar av styringsunderlag i prosjektet.
I 2024 vil det bli brukt midlar til innkjøp av fagleg bistand og utgreiingar for å sikre god styring av prosjektet.
Det blir foreslått å løyve 4,5 mill. kroner.
Post 27 Sak- og arkivløysing, kan overførast
Løyvinga skal dekka utgifter for Kommunal- og distriktsdepartementet og Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) til innføring av ny sak- og arkivløysing for Statsministerens kontor, departementa og DSS.
Rapport
Prosjektet for innføring av ny sak- og arkivløysing i DSS er ressurskrevjande og har vore forsinka. Som følgje av ekstern kvalitetssikring hausten 2021, setje Kommunal- og distriktsdepartementet i verk tiltak i 2022. Styringa av prosjektet vart flytta frå DSS til departementet i 2022. Det vart òg gjennomført ei teknisk og funksjonell vurdering og gjennomgang av løysinga.
Revidert målbilete for Program for felles IKT-tenester har påverka replanlegging, framdrift og utrullingsplanar for prosjektet. Pilotering av løysinga på plattforma til Forsvarsdepartementet er planlagt hausten 2023.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Dataangrepet mot plattforma til DSS sommaren 2023 har gjort at Kommunal- og distriktsdepartementet og Forsvarsdepartementet vurderer moglegheitene for å forsere etableringa av ny IKT-plattform. Den nye sak- og arkivløysinga skal bli lagt på ny IKT-plattform. Dersom det blir aktuelt å forsere arbeidet med ny felles IKT-plattform, kan det òg bli nødvendig å forsere innføringa av ny sak- og arkivløysing i departementa. På grunn av dette må prosjektet for ny sak- og arkivløysing legge nye planar.
For at prosjektet skal ha midlar til å kunne innføre løysinga i departementa så raskt som mogleg, blir det foreslått å auke løyvinga med 23,3 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 66,4 mill. kroner.
Post 30 Nytt regjeringskvartal, ombygging av Ring 1, kan overførast
Løyvinga skal dekke ombygginga av Hammersborg- og Vaterlandstunnelen (Ring 1) for å vareta nødvendig sikkerheit for nytt regjeringskvartal.
Løyvinga vart i 2023 i hovudsak nytta til anskaffing og prosjektering. Samferdselsdepartementet er oppdragsgivande departement overfor Statens vegvesen som ansvarleg byggherre. Det blir elles vist til omtale under mål 3 Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal.
I 2024 skal løyvinga i hovudsak bli nytta til prosjektering og førebuing til anleggsstart.
Det blir foreslått å løyve 545 mill. kroner.
Post 50 Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd m.m.
Løyvinga skal dekke Kommunal- og distriktsdepartementet sitt behov for langsiktig kunnskapsoppbygging i regi av Noregs forskingsråd. Løyvinga blir òg brukt til direkte støtte til forsking ved statlege forskingsinstitusjonar.
Rapport
Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Samla måloppnåing for Forskingsrådet si verksemd i 2022 er omtalt i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2024. Nedanfor er det rapportert for programma som er finansiert over denne posten.
Demokratisk og effektiv styring og forvaltning (DEMOS)
DEMOS er eit tiårig program for 2015–2025. Prosjekta i DEMOS rettar seg spesifikt mot å bygge kompetente forskarmiljø som kan hevde seg internasjonalt. Temaområda er offentleg sektor, både på statleg, regionalt og kommunalt nivå, og forholdet mellom nivåa.
Forskingsrådet sitt program for forsking og innovasjon i kommunesektoren (INNOFFARENA)
Midlane skal bidra til innovasjon i kommunesektoren gjennom å utvikle ny kunnskap, og å sørgje for betre kopling mellom kommunesektoren, forskingsmiljø og andre kunnskapsaktørar.
Joint Programming Initiative Urban Europe (JPI Urban Europe)/Driving Urban Transitions (DUT)
Løyvinga finansierer norsk deltaking i JPI Urban Europe, som i perioden 2022 til 2028 vil drive det nye urbane partnarskapet Driving Urban Transitions under Horisont Europa. Partnarskapet har medfinansiering frå EU-kommisjonen og involverer 67 deltakande organisasjonar frå 28 land.
Samisk forsking (SAMISK)
Tildelinga skal fremje forsking av høg kvalitet som er relevant for politikkutvikling, forvaltning og for andre aktørar i samfunnet. Målet er å få meir kunnskap om historie, kulturarv, kulturuttrykk, språk, levekår og befolkningsutvikling, oppvekst og utdanning, samfunnsbygging, klima, miljø og næringsutvikling.
Forsking som gjeld nasjonale minoritetar (SAMKUL)
Forsking som gjeld nasjonale minoritetar blir finansiert gjennom Noregs forskingsråd sitt program Samfunnsutviklingas kulturelle føresetnadar (SAMKUL).
IKTPLUSS
Finansieringa har bidratt til å nå måla i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med fokus på mål 2 om auka verdiskaping i næringslivet og mål 3 om å møte store samfunnsutfordringar, og då innanfor departementet sitt sektoransvar.
Forskingsrådet sin strategiske IKT-portefølje (IKTPLUSS) dekker alle tema, sektorar og næringsområde. Prioriteringa av IKT-områda kunstig intelligens, maskinlæring, robotikk og digital sikkerheit vart vidareført i 2022. På grunn av store negative avsetjingar på posten, vart utlysingsnivået redusert i 2023.
Forskingsrådet administrerer òg Kommunal- og distriktsdepartementet sitt bidrag til Simula. I 2022 var departementet sitt bidrag til Simula på 45,5 mill. kroner, fordelt på ei grunnløyving på 21,8 mill. kroner og støtte til forskingssentera for robuste nett (CRNA), Simula UiB og Effektiv Digitalisering i Offentlig Sektor (EDOS). CRNA publiserte i 2023 mellom anna den årlege rapporten om norske mobilnett og ei rekke forskingsartiklar i internasjonale tidsskrift, og rettleia fem doktorgradstudentar. Simula UiB utdannar kryptologar. I 2022 publiserte Simula UiB ei rekke forskingsartiklar, og per 31. desember 2022 rettleia senteret ti doktorgradstudentar og åtte postdoktorar. EDOS skal framskaffe og spreie kunnskap om korleis offentleg sektor kan lykkast betre med å sikre gevinstar av digitaliseringsinvesteringar og unngå kostnadsoverskridingar. Ved utgangen av 2022 rettleia senteret 2 doktorgradsstudentar og 1 postdoktor.
For å sikre tilgang til superdatamaskinar deltar Noreg i EuroHPC-samarbeidet – eit samarbeid om å bygge europeiske superdatamaskinar og kompetansemiljø som skal sikre god utnytting av kapasiteten. Uninett Sigma2 er Noregs nasjonale kompetansesenter for tungrekning. Det er svært viktig at kompetansen hos aktuelle brukarar blir styrkt, og at til dømes industrien kan utnytte tilgang til superdatamaskinar til meir verdiskaping.
Sjå òg Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032.
Kapasitetsløft (tidlegare FORREGION)
Kapasitetsløft skal styrkje samarbeidet mellom forskings- og utdanningsmiljøa og næringslivet, og gi næringslivet tilgang til relevant utdanning og forsking i sin region på strategiske satsingsområde, i tråd med regionale planar og strategiar. Ordninga skal òg bidra til kunnskapsutvikling og erfaringsutveksling for å fremje kvalitet, læring og samarbeid mellom nasjonalt og regionalt nivå i arbeidet med forskingsbasert innovasjon.
I 2022 vart det sett i gang åtte nye seksårige kapasitetsløftprosjekt. Prosjekta viser god utvikling, og har god geografisk spreiing innan næringsområde som fiskeri og havbruk, energi, bygg og anlegg, IKT og samferdsle. Prosjekta skårar høgt på forskingskvalitet og medverkar til omstilling og innovasjon i dei aktuelle næringane i regionane.
ARENA – senter for europaforsking
Føremålet med tilskotet er å sikre forsking og kompetansebygging om EU og korleis norsk forvaltning er integrert i den framveksande fleirnivå-forvaltninga i Europa.
UiO – klart språk i juridisk utdanning og forsking
Føremålet er å utvikle klarspråk som fagfelt innanfor jussfaget, mellom anna at uteksaminerte studentar har utvikla ferdigheiter i og kompetanse om å skrive klare og forståelege juridiske tekstar, særleg klare lover og forskrifter.
Housing Lab
Housing Lab forskar på drivarane i bustadmarknaden, og samanhengar mellom bustadmarknaden, makroøkonomien og finansmarknadene. Senteret har produsert fleire forskingsartiklar som er publisert i anerkjende tidsskrift, og fleire relevante forskingsprosjekt er under arbeid.
Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – BOVEL (nasjonalt senter for forsking om bustad og velferd)
Forskingssenteret BOVEL vart etablert i 2021 og er eit samarbeid mellom fleire forskingsinstitusjonar. BOVEL skal bygge opp kunnskap om samanhengane mellom bustadmarknaden, låginntekt og buforhold, og kva bustaden har å seie for andre velferdsområde. BOVEL skal auke interessa for forsking om bustad og velferd, og stimulere til samarbeid på tvers av forskingsinstitusjonar i heile landet. Senteret arbeider med fleire større forskingsprosjekt, mellom anna eit prosjekt om leigemarknaden og velferd. Det er òg sett i gang eit registerdataprosjekt, som grunnlag for studiar av samanhengen mellom bustad og andre velferdsområde.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Løyvinga skal underbygge og gi eit godt grunnlag for faglege og politiske vedtak, og medverke til at det finst kompetente forskingsmiljø innanfor departementet sitt sektoransvar.
Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå regjeringa sine forskingspolitiske mål. Forskingsrådet har fem mål:
auka vitskapeleg kvalitet
auka verdiskaping i næringslivet
å møte store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgjeving
Måla er felles for alle departementa.
Løyvinga blir òg brukt til direkte støtte til forsking ved statlege forskingsinstitusjonar.
Det er ønskjeleg at alle løyvingane i Kommunal- og distriktsdepartementet som går til forskingsprogram blir samla på denne posten. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 115,1 mill. kroner mot ein reduksjon på 90,3 mill. kroner på kap. 541, post 50 og ein reduksjon på 24,8 mill. kroner på kap. 553, post 74.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner i samband med at Handlingsplan mot antisemittisme 2021–2023 – en videreføring er ferdig. Det blir i staden foreslått å auke løyvinga til dei jødiske samfunna i Noreg med 3 mill. kroner, til vidareføring av tiltak frå handlingsplanen, på kap. 567, post 72.
For å frigjere midlar til andre føremål, blir ikkje løyvinga til ARENA vidareført i 2024. Av same grunn vil departementet seie opp avtala med UiO om Klart språk i juridisk utdanning og forsking.
Samla blir det foreslått å løyve 175,4 mill. kroner.
Av løyvinga blir 165,4 mill. kroner fordelt til Noregs forskingsråd. Løyvinga skal dekke Kommunal- og distriktsdepartementet sitt behov for langsiktig kunnskapsoppbygging i regi av Noregs forskningsråd, via forskingsprogramma. Løyvinga skal framleis bidra til å dekke behov for forsking om offentleg sektor, både på statleg, regionalt og kommunalt nivå, og tilhøvet mellom nivåa, satsing på innovasjon i kommunane, deltaking i JPI Urban Europe, samisk forsking og forsking som gjeld nasjonale minoritetar. Løyvinga skal òg bidra til å dekke behov for langsiktig oppbygging av kunnskap innanfor IT-forsking og forsking på elektronisk kommunikasjon, òg tryggleiksmessige, teknologiske og nærings- og samfunnsmessige forhold. For å bidra til arbeidet som blir utført av Noregs nasjonale kompetansesenter for tungrekning, får Uninett Sigma2 tilskot frå Noregs forskingsråd. Tilskotet er foreslått vidareført for 2024. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet, kap. 285, post 51. Forskingsrådet skal framleis støtte og følgje opp Kapasitetsløftsprosjekt i samsvar med inngåtte avtalar. Sjå nærare omtale av ordninga Kapasitetsløft under Rapportering. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida varsla ei styrkt satsing på forsking på distriktsutfordringar og regional utvikling. Meldinga legg vekt på at distriktspolitikken må omfatte fleire politikkområde og sjå desse i samanheng. Dette må òg vere reflektert i forskinga på distriktsutfordringar og regional utvikling. Kommunal- og distriktsdepartementet har innleia dialog med Forskingsrådet om korleis ei styrkt satsing kan skje i praksis, innan gjeldande budsjettrammer. Forskingsrådet skal i 2024 prioritere arbeidet med ei slik satsing.
Den resterande delen av løyvinga blir fordelt som direkte støtte til Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet, der forskingssenteret BOVEL blir tildelt 7,5 mill. kroner og Housing Lab 2,5 mill. kroner.
Post 51 (ny) Gjennomstrøymingsmidlar til forskingsinstitutt
Det blir foreslått at løyvingane i Kommunal- og distriktsdepartementet som går til gjennomstrøymingsmidlar via Forskningsrådet blir samla på éin ny post. Løyvinga skal dekke Kommunal- og distriktsdepartementet sitt behov for langsiktig kunnskapsoppbygging i regi av Noregs forskingsråd, via gjennomstrøymingsmidlar. Gjennomstrøymingsmidlar er definert som grunnløyving som går via Forskingsrådet til forskingsinstitutt og løyving til vitensenter.
Det blir derfor foreslått å løyve 48,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 541, post 50. Løyvinga inkluderer finansiering av Simula Research Laboratory. Løyvinga inkluderer ei grunnfinansiering og finansiering av forskingssentera CRNA, Simula UiB og EDOS. Det er ein føresetnad for å få stønad frå departementet at evalueringar blir gjennomført jamleg og at resultata er gode. Neste evaluering vil bli gjennomført i 2023/2024.
Post 70 Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga dekker kontingentar og enkelståande tilskot med namngjeven mottakar, som ikkje høyrer naturleg inn under andre budsjettpostar.
Løyvinga skal dekke om lag 300 000 kroner av Noregs årlege kontingent for medlemsskap i European Institute of Public Administration (EIPA) og årlege kontingentar for Services of General Interest (SGI Europe) på om lag 210 000 kroner og International Hydrographic Organization (IHO) på om lag 1 mill. kroner.
Løyvinga skal òg dekke nokon mindre stipendutbetalingar til mastergradstudentar innanfor økonomi og juss på bustad-, bumiljø- og byggområdet.
Det vil bli satt av 750 000 kroner til tiltak mot antisemittisme og om jødisk liv ved Jødisk museum i Trondheim. Midlane er ei vidareføring av eit tiltak frå handlingsplanane mot antisemittisme.
Det blir foreslått å løyve 2,9 mill. kroner.
Kap. 502 Tariffavtalte avsetningar mv.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 3 031 | 2 000 | 1 000 |
70 | Kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under post 21 | -1 279 | 16 500 | 1 000 |
71 | Opplæring og utvikling av tillitsvalde | 221 900 | 221 900 | 233 100 |
72 | Pensjonskostnadar tenestemannsorganisasjonane | 16 487 | 34 050 | 43 000 |
Sum kap. 502 | 240 139 | 274 450 | 278 100 |
Forhandlingar mellom Kommunal- og distriktsdepartementet og hovudsamanslutningane i staten som partar i hovudtariffoppgjeret i det statlege tariffområdet ligg til grunn for forslag til avsetningar på kap. 502.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Staten og hovudsamanslutningane i staten avsette totalt 4 mill. kroner til kompetanseutvikling ved lønsoppgjeret i 2022. Avsetninga gjeld for tariffperioden 1. mai 2022 – 30. april 2024, og skal i hovudsak gå til felles tiltak i regi av dei sentrale partane. I 2022 og 2023 vart det løyvd 2 mill. kroner for kvart år, jf. Prop. 128 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2022 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2022 m.m.) og Innst. 466 S (2021–2022).
Avsetninga er nytta til anskaffingar i samband med dei sentrale partane sine satsingar på forskings-, utviklings- og utgreiingsoppdrag. Dette er prosjekt der begge partar har interesser, mellom anna knytt til det felles regel- og avtaleverket til staten.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I samsvar med planen skal løyvinga setjast til null i statsbudsjettet for 2024.
Det står att utbetalingar knytt til enkelte prosjekt òg våren 2024. For at løyvinga skal samsvare meir med tariffperioden og utbetalingane det enkelte år, blir det foreslått ein ny praksis der midlar på posten løyvast over tre år i staden for over to år.
For å dekke krav om attståande utbetalingar til prosjekt fram til 30. april 2024, blir det foreslått ei løyving på 1 mill. kroner i 2024. Departementet vil foreslå ein tilsvarande reduksjon av løyvinga i 2023 i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2023.
Dersom partane forhandlar fram ei avsetning av kompetansemidlar ved lønsoppgjeret per 1. mai 2024, vil forslag til løyving som vanleg bli fremja i ein eigen proposisjon.
Post 70 Kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga gjeld tilskot til kompetanse- og omstillingsarbeid. Tilskotet skal legge til rette for god praktisering av medråderetten til dei tillitsvalde, utvikle og effektivisere staten, og dessutan fremje eit godt samarbeid mellom leiinga og medarbeidarar, og mellom partane i verksemda.
Staten og hovudsamanslutningane i staten avsette totalt 33 mill. kroner til kompetanseutvikling for tariffperioden 1. mai 2022 – 30. april 2024. Avsetninga skal i hovudsak gå til å styrkje kompetanseutvikling i verksemdene. I 2022 og 2023 vart det løyvd 16,5 mill. kroner for kvart år, jf. Prop. 128 S (2021–2022) og Innst. 466 S (2021–2022).
Det blir i tariffperioden mellom anna gjennomført utviklingsprosjekt og regionale samarbeidskonferansar.
Tal frå rekneskapen i 2022 viser ei mindreutgift. Grunnen til dette var koronasituasjonen i tariffperioden 2020-2022 som medførte ein ekstraordinær situasjon, der ikkje alle midlane vart brukte som planlagt og der tariffperioden vart kortare enn vanleg. Mellom anna vart fleire regionale samarbeidskonferansar og planlagde kompetanseprosjekt hos statlege verksemder avlyste. Statlege verksemder tilbakeførte derfor tilskot både i 2021 og i 2022.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I samsvar med planen skal løyvinga settast til null i statsbudsjettet for 2024.
Det står att utbetalingar knytt til enkelte prosjekt våren 2024. For at løyvinga skal samsvare meir med tariffperioden og utbetalingane det enkelte år, blir det foreslått ein ny praksis der midlane på posten løyvast over tre år i staden for over to år.
For å dekke krav om attståande utbetalingar til prosjekt fram til 30. april 2024, blir det foreslått ei løyving på 1 mill. kroner i 2024. Departementet vil foreslå ein tilsvarande reduksjon av løyvinga i 2023 i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2023.
Dersom partane forhandlar fram ei avsetning av kompetansemidlar ved lønsoppgjeret per 1. mai 2024, vil forslag til løyving bli fremja i ein eigen proposisjon.
Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde
Løyvinga dekker tilskot til opplæringstiltak for tillitsvalde til organisasjonane i staten innanfor mellom anna organisasjons- og tillitsvaldarbeid, miljø- og vernearbeid, sjukefråvær, medråderett, personalpolitiske spørsmål, omstilling, effektivisering og samfunnsøkonomi m.m. Retningslinjer for opplærings- og utviklingstiltak er fastsett i eigen særavtale mellom staten og hovudsamanslutningane (avtale om OU-midlar).
I mellomoppgjeret 2023 vart det einigheit om å auke avsetninga med 11,2 mill. kroner til 233,1 mill. kroner for 2023. Auken er basert på talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2022, jf. Prop. 119 S (2022–2023) Endringar i statsbudsjettet 2023 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2023 m.m.).
Løyvinga er brukt i samsvar med særavtalen om opplærings- og utviklingsmidlar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 233,1 mill. kroner.
Post 72 Pensjonskostnadar tenestemannsorganisasjonane
Verksemder som er medlemmer i Statens pensjonskasse (SPK) skal betale ein aktuarielt berekna premie (arbeidsgivardel), slik det blir gjort i privat sektor.
Tenestemannsorganisasjonane betaler ikkje arbeidsgivardel for tilsette som har ulønt permisjon frå statleg verksemd for å ha verv eller vere tilsett i ein slik organisasjon. I samsvar med permisjonsavtalen betaler organisasjonane berre 2 pst. medlemsinnskot.
For å synleggjere det årlege bidraget staten har til tenestemannsorganisasjonane på pensjonsområdet, blir desse premiekostnadene budsjetterte på ein eigen post i statsbudsjettet. Posten inkluderer òg arbeidsgivaravgift.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Berekningar gjennomførte av SPK tilseier at premiekostnadene, inkludert arbeidsgivaravgift, vil utgjere 43 mill. kroner i 2024. Det blir derfor foreslått ei løyving på 43 mill. kroner.
Kap. 505 Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 40 659 | 41 000 | 52 000 |
70 | Tap/avskrivingar | 1 | 2 000 | 2 000 |
90 | Utlån, overslagsløyving | 15 249 760 | 14 400 000 | 19 400 000 |
Sum kap. 505 | 15 290 420 | 14 443 000 | 19 454 000 |
Under kap. 505 blir det budsjettert med forventa utbetalingar av nye lån, opptente renter ved årets utgang, forventa tap på utlån og driftsutgifter i samband med administrasjon av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK). Løyvingane under dette kapittelet er usikre og avhengige av utlånsramma, rentenivået i marknaden generelt og differansen mellom renta i bustadlånsordninga i SPK og rentenivået i marknaden.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker kostnadene til SPK for å administrere bustadlånsordninga, jf. post 90. Hovuddelen av kostnadene blir dekt av lånekundane gjennom betaling av ulike former for gebyr, jf. kap. 3505, post 01.
Det blir foreslått å løyve 52 mill. kroner.
Post 70 Tap/avskrivingar
Løyvinga gjeld forventa tap på utlån i bustadlånsordning i SPK i 2024.
Tap på hovudstol blir anslått til 1,5 mill. kroner og opparbeidd rentegjeld blir anslått til 0,5 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 2 mill. kroner.
Post 90 Utlån, overslagsløyving
Løyvinga dekker forventa brutto utlån til bustadlån i Statens pensjonskasse (SPK) og berekna opptente, men ikkje betalte renter på låna.
I hovudtariffavtalane i staten kjem det fram at bustadlån kan ytast med inntil 2,3 mill. kroner.
Kommunal- og distriktsdepartementet har fastsett Instruks for forvaltning av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse. Det kan givast lån til følgjande medlemer i SPK:
Yrkesaktive medlemer.
Dersom det ligg føre særskilde grunnar, kan SPK òg gi lån til barn som på grunn av at begge foreldra er døde må flytte frå tenestebustad.
Pensjonistar, med unntak av pensjonistar med pensjon basert på oppsette rettar.
Statsrådar og stortingsrepresentantar.
Lån blir innvilga til kjøp av eigen bustad, til refinansiering av bustadlån eller til å modernisere/pusse opp eigen bustad. Lån blir gitt mot tryggleik innanfor 80 pst. av marknadsverdien til bustaden. Lån har ei maksimal nedbetalingstid på 30 år, der 5 år kan vere avdragsfrie.
Forventa hovudstol per 31. desember 2024 blir anslått til om lag 74 100 mill. kroner. Uteståande lån per 31. desember 2024 er forventa å utgjere 51 400 lån. Det er lagt til grunn at det blir utbetalt 9 300 nye lån på i gjennomsnitt 2,058 mill. kroner i 2024. Vidare er det gjort vurderingar i samsvar med historiske erfaringstal når det gjeld talet på søknader, utbetalte lån, talet på innfridde lån og gjennomsnittleg utbetalt/innfridd beløp per lån.
Rapport
I 2022 utbetalte Statens pensjonskasse 8 187 lån, som er om lag 65 pst. fleire enn i 2021. Den totale utlånsporteføljen gjekk opp frå 38,2 mrd. kroner til 45,5 mrd. kroner, ein auke på 19,1 pst. frå 2021.
Tabell 5.2 Utviklinga i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
Tal på | Mill. kroner | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
År | Nye lån | Lån totalt | Total utlåns- portefølje 31.12 | Brutto utlån | Avdrag | Kapital- behov |
2012 | 17 013 | 57 343 | 58 200 | 23 100 | 7 600 | 15 500 |
2013 | 26 292 | 74 878 | 83 500 | 36 400 | 11 000 | 25 400 |
2014 | 19 538 | 84 483 | 97 200 | 27 300 | 13 600 | 13 700 |
2015 | 5 827 | 68 900 | 75 000 | 7 800 | 30 000 | -22 200 |
2016 | 2 755 | 56 800 | 58 300 | 3 500 | 20 200 | -16 700 |
2017 | 3 143 | 49 800 | 49 200 | 4 100 | 13 100 | -9 000 |
2018 | 3 742 | 44 300 | 42 700 | 5 300 | 11 800 | -6 500 |
2019 | 8 532 | 44 500 | 45 700 | 13 500 | 10 500 | 3 000 |
2020 | 4 635 | 38 900 | 39 400 | 7 200 | 13 500 | -6 300 |
2021 | 4 974 | 36 600 | 38 200 | 8 500 | 9 700 | -1 200 |
2022 | 8 187 | 39 200 | 45 500 | 15 300 | 8 000 | 7 300 |
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det er lagt til grunn at det blir utbetalt 180 lån per veke i 2024, ein auke på 30 lån per veke samanlikna med saldert budsjett for 2023. Auken er basert på endringar i rentebaneprognosen frå Noregs Bank sidan statsbudsjettet for 2023 vart utarbeida. I periodar med endring i rentenivå, vil renteendringar i bustadlånsordninga i SPK bli seinare sett i verk enn i marknaden elles. Stigande rentenivå vil av den grunn isolert sett medføre auka etterspurnad etter lån i SPK. Forventa søknadsinngang og talet på utbetalte lån tar utgangspunkt i at SPK får ein tilsvarande effekt av renteaukar i 2024 som i 2019, der styringsrenta vart auka tre gonger i løpet av året.
Det blir foreslått å løyve 19 400 mill. kroner. Anslaget inkluderer 137 mill. kroner i berekna opptente renteinntekter ved utgangen av 2024.
Kap. 3505 Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Gebyrinntekter, lån | 36 622 | 37 000 | 47 000 |
90 | Tilbakebetaling av lån | 7 985 421 | 8 100 000 | 9 400 000 |
Sum kap. 3505 | 8 022 043 | 8 137 000 | 9 447 000 |
Under dette kapittelet blir det budsjettert med forventa innbetalingar av løpande og ekstraordinære avdrag, innfriingar av bustadlån og tilbakeføring av opptente renter ved inngangen til året knytt til bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK). I tillegg blir det budsjettert med forventa gebyrinntekter frå lånekundane. Løyvingane er usikre og avhengige av rentenivået i marknaden generelt og differansen mellom renta i bustadlånsordninga i SPK og rentenivået i marknaden.
Post 01 Gebyrinntekter, lån
Posten omfattar innbetaling av gebyr frå låntakarane i bustadlånsordninga i SPK i form av termingebyr, etableringsgebyr, purregebyr o.l.
Det blir foreslått å løyve 47 mill. kroner.
Post 90 Tilbakebetaling av lån
Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag, innfriingar av bustadlån, tilbakeføring av berekna opptente, men ikkje betalte renteinntekter og tilbakeføring av tap.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Ordinære og ekstraordinære avdrag og innfriingar blir anslått til 9,3 mrd. kroner i 2024. Det er då lagt til grunn 475 innfriingar per månad, som er ei vidareføring frå saldert budsjett for 2023.
I tillegg blir det anslått 118 mill. kroner i tilbakeføring av berekna opptente renter per 1. januar 2024, og 2 mill. kroner i tilbakeføring av tap.
Det blir foreslått å løyve 9 400 mill. kroner.
Kap. 5607 Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
80 | Renter | 723 256 | 1 842 000 | 2 716 000 |
Sum kap. 5607 | 723 256 | 1 842 000 | 2 716 000 |
Post 80 Renter
Løyvinga gjeld renteinntekter, og opptente, ikkje betalte renter knytt til bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse. Det er i overslaget for 2024 lagt til grunn ein auke i utlånsporteføljen, jf. kap. 505, post 90. Det er vidare lagt til grunn ei effektiv rente eksklusiv gebyr på 4,00 pst. i 2024.
Det blir foreslått å løyve 2 716 mill. kroner.
Kap. 506 Yrkesskadeforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 92 495 | 95 000 | 95 000 |
Sum kap. 506 | 92 495 | 95 000 | 95 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga gjeld utgifter til yrkesskadeutbetalingar i 2024. Løyvinga skal òg dekke kostnadene til Statens pensjonskasse (SPK) for å administrere yrkesskadeordninga, jf. kap. 2470 Statens pensjonskasse under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Alle som arbeider i teneste for arbeidsgivar, er omfatta av lov om yrkesskadeforsikring. Staten som arbeidsgivar er sjølvassurandør, men arbeidstakarar i staten har dei same rettane etter lova som andre arbeidstakarar. Arbeidstakarar som er omfatta av hovudtariffavtalane i staten, er i tillegg dekte av reglane i § 24 i hovudtariffavtalane om ytingar ved yrkesskadar. Utbetalingar frå desse to regelverka blir samordna, slik at arbeidstakar får erstatning etter det regelverket som gir høgast sum.
Yrkesskadeordninga omfattar personskadar som følgje av arbeidsulykker, og sjukdomar som følgje av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar. Erstatning skal ytast utan omsyn til om nokon har skuld i skaden. Vilkåret er at skaden skjer i arbeid på arbeidsstaden og i arbeidstida. Erstatning blir òg ytt når arbeidstakaren blir skadd ved ulykke på direkte reise mellom heim og oppdragsstad (utan at arbeidstakaren har vore innom sin faste arbeidsstad) og på tenestereise.
Frå 1. januar 1996 er yrkesskadeforsikringa i staten basert på eit premiesystem. Dette inneber at det blir kravd ein premie av arbeidsgivarar kvart år, som skal dekkje kostnadene for dei skadane som blir konstaterte dette året. Det gjeld òg om skaden blir meld og gjort opp fleire år seinare. Når SPK behandlar saker der skaden vart konstatert før 1. januar 1996, utbetaler SPK erstatninga for deretter å krevje summen refundert frå den aktuelle arbeidsgivaren med tillegg av eit administrasjonsgebyr. Skadar konstatert etter 1. januar 1996 blir dekte av innbetalt premie.
Etter lov om yrkesskadeforsikring er staten som sjølvassurandør ansvarleg for ei rekkje andre grupper som er definerte som arbeidstakarar. Dette er grupper som er sysselsette av staten, men som likevel fell utanfor statstilsettelova og hovudtariffavtalane.
Rapport
I 2022 var det ein auke på 11 pst. i innmelde skadesaker frå året før, medan utbetalingane sank med 2 pst. SPK hadde utbetalingar til 78 medlemer i yrkesskadesaker, mot 108 utbetalingar i 2021. Ikkje alle innmelde skadesaker resulterer i erstatningsutbetaling.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Anslaget for 2024 er basert på faktiske erstatningsutbetalingar dei seinaste åra og til no i 2023. Anslaget inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2022 og 2023.
Det blir foreslått å løyve 95 mill. kroner.
Kap. 3506 Yrkesskadeforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Premieinntekter | 80 079 | 80 000 | 85 000 |
Sum kap. 3506 | 80 079 | 80 000 | 85 000 |
Post 01 Premieinntekter
Løyvinga dekker innbetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgivarar som er omfatta av ordninga. Sjå omtale under kap. 506, post 01.
Det blir foreslått å løyve 85 mill. kroner.
Kap. 507 Gruppelivsforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 199 536 | 270 000 | 240 000 |
Sum kap. 507 | 199 536 | 270 000 | 240 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga dekker utbetaling av gruppelivserstatningar og kostnadene til Statens pensjonskasse for å administrere gruppelivsordninga, jf. kap. 2470 Statens pensjonskasse under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Utbetalte gruppelivserstatningar varierer frå år til år, mellom anna avhengig av kor mange prioriterte etterlatne avdøde har. Dette gjer at det er knytt uvisse til budsjetteringa av nivået kvart enkelt år.
I 2022 vart det utbetalt erstatning i 150 saker med til saman om lag 199 mill. kroner, mot 181 saker med til saman 199 mill. kroner i 2021.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Anslaget for 2024 er basert på erfarte erstatningsutbetalingar dei seinaste åra. Anslaget inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2023 og 2024.
Det blir foreslått å løyve 240 mill. kroner.
Kap. 3507 Gruppelivsforsikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Premieinntekter | 107 920 | 103 000 | 143 000 |
Sum kap. 3507 | 107 920 | 103 000 | 143 000 |
Post 01 Premieinntekter
Posten omfattar innbetaling av premie for dei verksemdene som betaler gruppelivspremie direkte til Statens pensjonskasse. Sjå omtale under kap. 507, post 01.
Det blir foreslått å løyve 143 mill. kroner.
Kap. 510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 786 369 | 697 588 | 762 891 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 70 224 | 71 687 | 76 066 |
22 | Fellesutgifter | 141 097 | 142 771 | 151 491 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 35 161 | 96 237 | 66 510 |
46 | Sikringsanlegg og sperresystem, kan overførast | 9 934 | 11 977 | 12 958 |
Sum kap. 510 | 1 042 785 | 1 020 260 | 1 069 916 |
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) skal levere gode og effektive fellestenester til departementa og Statsministerens kontor. DSS leverer tenester innanfor hovudområda HR-tenester, digitale tenester, fasilitetstenester (inkludert innkjøp) og vakt- og resepsjonstenester (inkludert tekniske sikringssystem).
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og andre driftsutgifter for DSS. I tillegg dekker løyvinga utgifter til fellestenester for departementsfellesskapet og Statsministerens kontor.
Rapport
DSS leverte 38 tenester fordelte på fire tenesteområde ved utgangen av 2022. DSS gjennomførte ei mottakarundersøking i 2022 som viser at mottakarane er særs godt fornøgd med leveransane frå DSS.
I 2022 har DSS starta arbeidet med å fornye dagens IKT-plattform, for å forlengje levetida fram til ny IKT-verksemd er etablert. 12 departement bruker IKT-plattforma til DSS. Dette arbeidet er vidareført i 2023.
Utfyllande omtale av dataangrepet mot DSS si IKT-plattform sommaren 2023 står under mål 2.
DSS har i 2022 bidratt med mykje ressursar til arbeidet med felles sak- og arkivløysing for departementa, og til arbeidet med nytt regjeringskvartal. DSS har òg bidratt i arbeidet med oppfølging av departementsstrategien Gode hver for oss. Best sammen (2021–2025). Prosjektet for felles sak- og arkivløysing er forseinka og held fram inn i 2024, jf. nærare omtale under kap. 500, post 27.
DSS har i samarbeid med departementa i 2022 utarbeidd ein rettleiar for informasjonssikkerheit for departementa.
Delen reinhaldsarbeidarar i DSS med fagbrev har auka frå 16 prosent i 2010 til 67 prosent i 2022. Dette er vesentleg høgare enn for andre i bransjen. DSS har i 2022 hatt totalt 12 lærlingar, fordelt på to årskull, innanfor tryggingsfaget. DSS er no òg godkjend som læreplass innan faga service og administrasjon, i tillegg til medieteknikk. DSS skal rekruttera ein lærling i kvart av desse faga i 2023.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
DSS skal:
styrkje arbeidet med IKT-sikkerheit og beredskap for departementa
føra vidare arbeidet med felles saks- og arkivsystem for departementa
bidra i arbeidet med Program for felles IKT-tenester for departementa
bidra i arbeidet med nytt regjeringskvartal, m.a. gjennom klargjering av eksternt kontrollsenter for post og varer på Mastemyr, klargjering av trafikkontrollsentral i regjeringskvartalet, utarbeiding av tenestekonsept og bidrag til sluttfasen av byggetrinn 1
bidra i oppfølginga av strategien for departementsfellesskapet 2021–2025
i samråd med styringsgruppa for effektiv informasjonsutveksling mellom regjeringa og Stortinget (EIREST) og Stortingsadministrasjonen, føre vidare arbeidet med å effektivisere lovprosessen.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 24,3 mill. kroner som følgje av tiltak i samband med dataangrepet mot DSS si IKT-plattform sommaren 2023. Dette omhandlar mellom anna auka driftsutgifter til mellombels e-postløysing og utvida sikkerheitsovervaking av IKT-plattforma til DSS.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner som følgje av overføringar frå departementa, for å dekke varige auka utgifter for Departementsakademiet.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner for å skape handlingsrom for oppgåver innafor andre områder.
Det blir foreslått å løyve 762,9 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3510, postane 02 og 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga skal dekke delar av IKT-tenestene som DSS leverer til departementa på felles IKT-plattform. Standardiserte løysingar som kvart enkelt departement har behov for, skal vera obligatoriske og løyvingsfinansierte.
Det blir foreslått å løyve 76,1 mill. kroner.
Post 22 Fellesutgifter
Løyvinga dekker husleige for fellesareal for departementa, avtalen til statsforvaltninga med Kopinor (ikkje forsvarssektoren) og drifts- og vedlikehaldsavtalar og utviklingskostnadar for nettstaden regjeringa.no.
Rapport
Om lag 114 mill. kroner av utgiftene gjekk i 2022 til å dekke husleige, energi og mottakaravhengige driftskostnadar for fellesareal i regjeringskvartalet. Til avtalen med staten med Kopinor, utanom forsvarssektoren, vart det utgiftsført om lag 10 mill. kroner. Om lag 17 mill. kroner er brukt til kjøp av tenester for drift og utvikling av regjeringa.no.
Regjeringa.no gir informasjon om arbeidet til regjeringa og departementa og dessutan formidling av pressekonferansar, reiseråd og informasjon om nasjonale og regionale tiltak.
I 2022 vart strategien for regjeringa.no revidert i samarbeid med departementa. På bakgrunn av dette vart det laga nye temaframsider og framsider for departementa, i tillegg til at det vart innført sikrare pålogging til publiseringsløysinga. Det vart òg etablert rutinar og inngått avtalar med underleverandørar, for å sikra at krava til underteksting av video blir varetatt.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
DSS skal:
tilby fleksible, sikre, skalerbare og kostnadseffektive tenester som tar vare på behovet til regjeringa, Statsministerens kontor og departementa for kommunikasjon
sikre at regjeringa.no er ein effektiv, stabil og mottakarvenleg kanal for kommunikasjon
gi regjeringa god og framtidsretta støtte til produksjon av dokument til Stortinget og Noregs offentlege utgreiingar
sørge for å utvikle tenesten for støtte til produksjon av dokument til Stortinget og Noregs offentlege utgreiingar i samråd med Statsministerens kontor og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Det blir foreslått å løyve 151,5 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal dekke utgifter til investeringar, vedlikehald, utskifting av utstyr og utviklingskostnadar til tenesteleveransar innanfor hovudområda; HR-tenester, digitale tenester, fasilitetstenester (inkludert innkjøp) og vakt- og resepsjonstenester.
Rapport
Løyvinga vart mellom anna brukt til vidareutvikling av løysinga for dokumenta frå regjeringa til Stortinget og Noregs offentlege utgreiingar, vurdering av støttesystemet på HR-området til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og dei ulike modulane, modernisering av løysing for spørsmål og svar frå Stortinget, oppdatering av samhandlingsløysinga for departementa, oppgradering av IKT-plattforma til DSS og modernisering av sentral nettverksinfrastruktur.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Løyvinga skal brukast til investeringar, vedlikehald og utskifting av utstyr innanfor områda der DSS leverer tenester til departementsfelleskapet.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 57 mill. kroner som følgje av at mykje av arbeidet med oppgradering av IKT-plattforma for departementa som DSS driftar, vart ferdigstilt i 2023.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner som følgje av redusert behov for driftsutgifter for løysinga for e-postsynkronisering.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,7 mill. kroner for å dekke utgifter til kjøp og etablering av ugradert og låggradert IKT-nettverksutstyr for IKT-tenestene til departementa i nytt regjeringskvartal.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 12,2 mill. kroner for å dekke diverse nødvendige investeringar for etablering av Eksternt kontrollsenter for post og varer på Mastemyr og trafikkontrollsentral i regjeringskvartalet.
Samla blir det foreslått å løyve 66,5 mill. kroner.
Post 46 Sikringsanlegg og sperresystem, kan overførast
Løyvinga dekker utgiftene til vedlikehald av elektroniske sikringsanlegg og sperresystem i regjeringsbygga. Løyvinga skal bidra til at tekniske sikringssystem og sperresystem støttar felles opp under grunnsikring for departementsbygningane i regjeringsbygga.
Rapport
Løyvinga vart i all hovudsak brukt til investeringar og vedlikehald av elektroniske tryggingssystem, kameraovervaking og teknisk sikringsutstyr, i tillegg til vedlikehald av køyretøysperrer.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Løyvinga skal dekke vedlikehald av tekniske sikringstiltak, mellom anna oppgradering av kameraovervaking av regjeringsbygga.
Det blir foreslått å løyve 13 mill. kroner.
Kap. 3510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
02 | Diverse inntekter | 70 269 | 42 427 | 44 293 |
03 | Brukarbetaling | 112 534 | 70 350 | 73 446 |
Sum kap. 3510 | 182 803 | 112 777 | 117 739 |
Post 02 Diverse inntekter
På posten blir betaling ført for standard- og tilleggstenester til Høgsterett, Statsbygg og driftsinntekter for Statens servicesenter i Engerdal. Inntekter frå Statsbygg er i hovudsak betaling for bidrag inn i prosjekt nytt regjeringskvartal. Storleiken på beløpet varierer med arbeidet i prosjekta.
Det blir foreslått å løyve 44,3 mill. kroner.
Post 03 Brukarbetaling
På posten blir brukarbetaling ført for tilleggstenester til departementa og Statsministerens kontor.
Det blir foreslått å løyve 73,4 mill. kroner.
Programkategori 13.25 Statsforvaltarane
Utgifter under programkategori 13.25 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
525 | Statsforvaltarane | 2 043 034 | 2 116 455 | 2 360 876 | 11,5 |
Sum kategori 13.25 | 2 043 034 | 2 116 455 | 2 360 876 | 11,5 |
Inntekter under programkategori 13.25 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3525 | Statsforvaltarane | 61 824 | 185 294 | 89 047 | -51,9 |
Sum kategori 13.25 | 61 824 | 185 294 | 89 047 | -51,9 |
Innleiing
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer kan bli følgt opp. Statsforvaltaren sitt ansvar er fastsett i instruksen for statsforvaltarane.
Regjeringa har gitt statsforvaltaren eit særleg ansvar for regional samordning innan samfunnssikkerheit og beredskap.
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) leverer administrative tenester som støtter opp under samfunnsoppdraget til statsforvaltarane.
Mål for programkategorien
Nasjonal politikk er kjent og iverksett
Statleg verksemd er godt samordna på regionalt nivå
Rettstryggleiken er einskapleg varetatt
Mål 1 Nasjonal politikk er kjent og iverksett
Statsforvaltaren utfører sektoroppgåver på sentrale samfunnsområde på vegne av fleire departement. Departementa har direkte instruksjonsmyndigheit ovanfor statsforvaltaren på sine ansvarsområde. Som sektormyndigheit skal statsforvaltaren gjennom rettleiing, dialog, kontroll og tilsyn med kommunane, fylkeskommunane og andre offentlege og private tenesteleverandørar medverke til å setje i verk nasjonal politikk.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og tiltak som styrker kompetansen, bidra til at kommunane varetar sitt ansvar for dei sosiale tenestene på ein god måte og at kommunane yter forsvarlege sosiale tenester som oppfyller krav i regelverket. Statsforvaltaren skal bidra til at kommunen gjer konkrete, individuelle vurderingar som særleg varetek behovet til barna i samsvar med formålet til lova, og vere ein pådrivar for god tilgjengelegheit til dei sosiale tenestene.
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til at utsette barn og unge blir følgde opp og får samordna og heilskaplege kommunale tenester. Statsforvaltaren skal ha god oversikt over situasjonen og utfordringar i det kommunale barnevernet, og følge opp målet til regjeringa om auka kvalitet i barnevernstenestene. Statsforvaltaren skal hjelpe kommunane i gjennomføringa av ansvarsendringane som følgje av barnevernsreforma.
Statsforvaltarane skal bruke sine verkemiddel for å bidra til meir likeverdige barnevernstenester for eit mangfald av barn og unge.
Tilsyn er viktig for kvalitet og tryggleik i barneverntenestene. Tilsynet skal fokusere på den leiing og styring som er nødvendig for å sikre at tenestene møter behova til barna.
Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar og legge til rette for at kommunane prioriterer tiltak for å motverke og førebygge fattigdom blant barnefamiliar.
Statsforvaltaren skal bidra til at kommunane varetar ansvaret for å avdekke og forebygge vald og overgrep, og at voldsutsette blir sikra eit heilskapleg krisesentertilbod.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til å setje i verk nasjonal politikk i helse- og omsorgstenestene, gjennom å gjere regelverksendringar, forventningar og tiltak i proposisjonar og meldingar kjent for kommunane.
Statsforvaltaren skal vere pådrivar for eit styrkt kunnskapsbasert og tverrsektorielt folkehelsearbeid på lokalt og regionalt nivå, mellom anna gjennom råd og rettleiing til kommunar og fylkeskommunar. Statsforvaltaren skal bidra til å støtte opp under innsatsen til kommunane for auka helsekompetanse i befolkninga, der òg livsløpsperspektivet blir varetatt.
Statsforvaltaren skal ha god oversikt over tilstand, utviklingstendensar og utviklingsbehov innanfor heile spekteret av helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeidet i fylket. Basert på oversikta skal statsforvaltaren gi råd og rettleiing overfor aktørar i fylket og nasjonale styresmakter.
Statsforvaltaren skal støtte opp under målet om gode og likeverdige helse- og omsorgstenester gjennom heile livsløpet, og bidra til å implementere gjeldande strategiar og handlingsplanar i helse- og omsorgstenestene, og dessutan rettleia om faglege råd og tilrådingar for tenestene.
Beredskap og lovpålagde oppgåver vil òg i 2024 vere høgt prioritert. Departementet legg til grunn fire overordna prioriteringar innanfor statsforvaltaren sin iverksetterrolle på området: samhandling, under dette å støtte opp under helsefellesskapa, allmennlegetenesta inkludert legevakt, psykisk helse og ruslidingar og sosial forskjell i helse.
Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å følge opp om tenestene har kvalitet, verknad og tryggleik som følge av regelverket og overordna styringskrav. Førebyggande tilsyn skal vere risikobasert med fokus på leiing, styring og internkontroll. Oppfølging av uønskte hendingar og tilsynssaker skal fokusere på tenestene sin eigen aktivitet for å rette forholda.
Justis- og beredskapsdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til at arbeidet med kommunal beredskapsplikt er tydeleg forankra i planar og prosessar etter plan- og bygningslova. Statsforvaltaren skal rettleie kommunar i å førebu og verne seg mot klimarisiko og naturfare. Endringar som følge av det grøne skiftet og nye energiformer må gis merksemd i samfunnssikkerheitsarbeidet. Den samla verkemiddelbruken skal vurderast og tilpassast kommunane sitt behov.
Statsforvaltaren er ein viktig pådrivar i arbeidet med å utarbeide beredskapsplanverk for hendingar med store tverrsektorielle konsekvensar. Statsforvaltaren skal bidra i arbeidet med utvikling av planar for handtering av flyktningar i krisesituasjonar. I arbeidet med sivile beskyttelsestiltak skal statsforvaltaren bidra inn i arbeidet på sentralt nivå med å vidareutvikle eit sivilt beskyttelseskonsept og basert på gjeldande regelverk, rettleie kommunane i deira planverk for evakuering.
Klima- og miljødepartementet
Statsforvaltaren er viktig for iverksetjinga av nasjonal klima- og miljøpolitikk. Statsforvaltaren skal bidra til å ta vare på natur og økosystem, redusere utslepp av miljøgifter og næringsstoff i naturen, og sørge for at klima- og miljøomsyn blir varetatt i samfunns- og arealplanlegging. Embeta har eit breitt spekter av oppgåver knytt til å setje i verk nasjonal klima- og miljøpolitikk, blant anna utøving av forvaltningsstyresmakt, formidling av kunnskap, og rettleiing til kommunar, næringsliv og andre aktørar.
Kommunal- og distriktsdepartementet
Statsforvaltaren skal vareta heilskap og effektivitet i areal- og samfunnsplanlegginga, jf. Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027. Statsforvaltaren skal òg bidra til å identifisere tiltak for meir effektive planprosessar og betre plankvalitet.
Statsforvaltaren skal bidra til sosialt berekraftige lokalsamfunn gjennom å rettleie kommunane til å ta bustadsosiale omsyn i planlegginga.
Det er eit overordna nasjonalt mål at kommunane utviklar ei berekraftig og sunn økonomiforvaltning. Statsforvaltaren skal fortsette å jobbe aktivt med kommuneøkonomi og prioritere oppfølging av kommunar i ROBEK og andre kommunar i økonomisk ubalanse.
Kunnskapsdepartementet
Statsforvaltaren har ei sentral oppgåve med å sørge for at statlege ordningar blir følgt opp og lagt til rette for av barnehage- og skuleeigarar. Dette gjeld mellom anna i arbeidet med lokal kompetanseutvikling, der samarbeid og partnarskap er berande element.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren er statleg sektorstyresmakt regionalt, og kompetansesenter for kommunane på landbruksområdet. I rolla som kompetansesenter bidrar statsforvaltaren til at nasjonal politikk blir gjennomført, og at kommunane blir medvetne deira samla rolle og ansvar som landbruksstyresmakt. God forvaltning og kontroll av økonomiske og juridiske verkemiddel utgjer ein viktig del av oppfølginga av kommunane.
Statsforvaltaren bidrar til eit berekraftig skogbruk med konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder, og sørgjer for at prioriteringane til regjeringa av skogtiltak i klimasamanheng blir følgde opp.
Statsforvaltaren er sentral i iverksetjing av jordbrukspolitikken, gjennom forvaltning av verkemiddel og dialog med næring, kommunar og regionalt verkemiddelapparat. Statsforvaltaren bidrar til at klimaavtalen med jordbruket blir følgt opp gjennom vidareformidling av kunnskap om det samla klimagassutsleppet frå jordbruket, innsats knytt til utsleppsreduksjonar og opptak av CO2.
Statsforvaltaren er førstelinje for reindriftsnæringa, og gir råd og rettleiing for å legge til rette for auka produksjon og lønnsemd i næringa. Statsforvaltaren er reindriftsfagleg kontaktpunkt og bidrar til effektiv og kunnskapsbasert forvaltning av reindrifta.
Mål 2 Statleg verksemd er godt samordna på regionalt nivå
Statsforvaltaren er det einaste regionale organet med fullmakt til å ta initiativ til samordning overfor andre statlege etatar på same nivå. Oppgåva er i hovudsak grunngitt ut frå eit ønske om ei effektiv statsforvalting og omsyn til brukarar, og handlar om staten si evne til å realisere nasjonale mål på tvers av nivå og sektorar, og samordning av staten si styring av kommunane.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal, mellom anna gjennom tilsyn, bidra til at dei sosiale tenestene samarbeider med andre velferdstenester der det er naudsynt for brukarane, òg om barn og unge som har behov for eit samansett tenestetilbod.
Statsforvaltaren skal bidra til samarbeid mellom stat, fylkeskommunar og kommunar i arbeidet med busetjing av flyktningar. Enkelte statsforvaltarar deltek i Nasjonalt utvalg for bosetting av flyktninger. Utvalet blir leia av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren er pådrivar for samarbeid og samordning mellom kommunar, fylkeskommunar, sektorar, tenester og institusjonar som arbeider for og med barn og unge og familiane deira. Statsforvaltaren har ei viktig rolle i å følge opp kommunar med stor risiko for svikt i tenestene. Statsforvaltaren skal sørgje at barnekonvensjonen blir lagt til grunn i dette arbeidet. Førebygging av at barn og unge blir utsett for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsproblem, jf. barnevernslova § 15-1, er eit kommunalt ansvar på tvers av alle sektorar og tenester. Statsforvaltaren skal sørge for at kommunen tar et heilskapleg ansvar, mellom anna ved at ansvaret til kommunane for førebygging blir gjort tydeleg for alle relevante tenester.
Tilsyn med barneverntenester skal ha vekt på tenestenes samarbeid med helsetenesta og andre velferdstenester for å bidra til at barn får nødvendige tenester av rett kvalitet og tryggleik.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren har ei viktig rolle som regionalt ledd i beredskapsarbeidet i sektoren. Statsforvaltaren skal bidra til koordinering og samordning. Rolla er viktig, mellom anna for å hjelpe kommunar med tilgang på tilstrekkeleg personell.
Statsforvaltaren skal etablere regionale forum for koordinering av relevant planverk, og dessutan sørge for koordinering og bidra til iverksetjing av tiltak ved atomhendingar. Statsforvaltaren skal bidra til å vareta omsynet til god folkehelse i regional og kommunal planlegging.
Statsforvaltaren skal bidra til at aktørane er koordinerte, og at innbyggarane opplever samanhengande tenester. Rapportar frå det førebyggande tilsynet til statsforvaltarane er av vesentleg betydning for god kunnskap om kvalitet i tenesta. Det bør vere eit særleg fokus på overgangar og samhandling mellom tenestene.
Justis- og beredskapsdepartementet
Statsforvaltaren skal legge til rette for felles arenaer og aktivitetar med andre regionale samfunnssikkerheitsaktørar, både offentlege og private. Dette gjeld både som del av det førebyggande arbeidet, og ved handtering av uønska hendingar. Statsforvaltarane skal integrere totalforsvaret i det kontinuerlege arbeidet med samfunnssikkerheit på regionalt og lokalt nivå.
Det må planleggast for å handtere langvarige kriser, og moglege samstundes hendingar, for å sikre tryggleik og velferd for befolkninga.
Klima- og miljødepartementet
I samarbeid med andre statlege aktørar skal statsforvaltaren bidra til at kommunane og næringslivet reduserer klimagassutsleppa sine og den samla sårbarheita i samfunnet for klimaendringar. Statsforvaltaren skal sørge for at klimaomsyn blir vareteke i alle sektorar, og at kommunane legg dei statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing, og samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, til grunn i planprosessar.
Kommunal- og distriktsdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til framtidsretta areal- og samfunnsplanlegging gjennom å gi eit heilskapleg bilete av statens forventningar og krav i planlegginga. Statsforvaltaren skal bidra til at oppfølging av nasjonale mål og ambisjonar blir tilpassa regionale og lokale forhold ved å samordne statlege motsegner før dei blir fremma for kommunane.
Statsforvaltaren skal bidra til regionalt samarbeid om dei tre innsatsområda i Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken – Alle trenger et trygt hjem (2021–2024). Innsatsområda er at ingen skal vere bustadlause, barn og unge skal ha gode buforhold, og personar med nedsett funksjonsevne skal på lik linje med andre kunne velje kor og korleis dei bur.
Statsforvaltarane skal fortsette å samordne statleg tilsyn med kommunesektoren for å sikre koordinerte, effektive og lærande tilsyn.
Kunnskapsdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til at utsette barn og unge blir følgde opp og får samordna og heilskaplege kommunale tenester.
Statsforvaltaren skal rekruttere til, og følge opp deltakarar i Læringsmiljøprosjektet. Vidare skal statsforvaltaren følge opp kommunar og fylkeskommunar som har utfordringar med barnehage- og skulemiljø.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren samarbeider med anna regional statleg forvaltning, fylkeskommunar og kommunar i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken. Gjennom dette arbeidet bidrar statsforvaltaren til at regjeringa sin oppdaterte jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernsmål følgjast opp. I tillegg bidrar statsforvaltaren til å legge til rette for at reindriftsinteressene blir tatt hand om i planprosessar og utbyggingssaker, og som leiar av beredskapsutvala i reindrifta.
Mål 3 Rettstryggleiken er einskapleg varetatt
Statsforvaltaren er klagemyndigheit for kommunale enkeltvedtak og tilsynsmyndigheit etter særlovgivinga. Tilsyn skal sikre at innbyggarane får oppfylt sine rettar til nødvendige tenester. Statsforvaltaren skal utføre disse myndigheitsoppgåvene med mest mogleg lik og einskapleg praksis.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med dei sosiale tenestene for å bidra til at brukarane får rettane sine oppfylt, og for å styrke føresetnadene til tenesta for å gjennomføre forbetrings- og kvalitetsarbeid, under dette sikre at omsynet til medverknaden til barna og barna sitt beste blir tatt vare på. Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak treft etter sosialtenestelova.
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med kommunane si oppfylling av plikter etter introduksjonslova og integreringslova, og er klageinstans for enkeltvedtak treft etter desse lovene med tilhøyrande forskrifter.
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med barneverntenesta, og særleg følge opp kommunar med store utfordringar på barnevernområdet, med råd og rettleiing og bruk av aktuelle tilsynsverkemiddel.
I tillegg skal statsforvaltaren føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene etter krisesenterlova, føre tilsyn med familievernkontora, og behandle oppgåver knytt til ekteskapslovgivinga, trossamfunnsloven og gravplassloven. Statsforvaltaren skal òg bidra med å gi opplysningar om biologisk opphav og innsyn i adopsjonssaker gjort før 1999.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren er klagemyndigheit for kommunale enkeltvedtak og tilsynsmyndigheit etter særlovgivinga. Tilsyn skal bidra til å sikre at innbyggarane får nødvendige tenester som verker og som har rett kvalitet og tryggleik. Dei skal bidra til forbetring av tenestene, og til at svikt blir førebygd, avdekt og følgd opp.
Justis- og beredskapsdepartementet
Verjemålsforvaltninga sørger for rettstryggleiken til personar som treng hjelp til å handtere økonomiske og personlege forhold. Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndigheit og skal behandle sakar i første instans etter verjemålslova med tilhøyrande forskrifter, samt utlendingslova kapittel 11 A med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren har òg ansvaret for opplæring og tilsyn av verjer i sitt område.
Statsforvaltaren behandlar saker i første instans etter rettshjelpslova med tilhøyrande forskrifter. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klageinstans og skal som etatsstyrar av statsforvaltarane på rettshjelpsområdet bidra til å sikre ein mest mogleg einsarta praksis og god kompetanse på rettsfeltet.
Klima- og miljødepartementet
Statsforvaltaren skal følge opp bedrifter og verksemder innanfor område der dei er forureiningsstyresmakt, og sjå til at løyva er oppdaterte i samsvar med nytt regelverk. Statsforvaltarane skal sikre likebehandling og einskapleg praksis slik at konkurransevilkåra for industrien blir tilnærma like i heile landet. Arbeidet med konsesjonsbehandling og tilsynsaktivitet er gebyrbelagd etter prinsippet om at forureinar betaler.
Kommunal- og distriktsdepartementet
Statsforvaltaren behandlar saker etter plan- og bygningslova både i første instans og i klagesaker over vedtak fatta i kommunen. Statsforvaltaren skal i si saksbehandling bidra til å sikre at måla for plan- og bygningspolitikken blir vareteke på best mogleg måte. Statsforvaltaren skal òg rettleie kommunar, private partar, næringslivet og eventuelt andre brukarar i plan- og bygningslovgivinga.
Statsforvaltaren skal behandle klagesaker etter ny lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.
Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i kommunelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren skal sikre lik forståing av nye reglar om internkontroll i kommunelova når statsforvaltaren fører tilsyn med kommunane eller gir rettleiing.
Kunnskapsdepartementet
Myndigheitsoppgåver knytt til rettstryggleik er statsforvaltaren si viktigaste oppgåve på barnehage- og grunnopplæringsområdet. Tilsyn, klagebehandling og rettleiing er statsforvaltaren sine verkemiddel for å sikre at barn og unge får det tilbodet dei har rett på til rett tid. Statsforvaltaren skal ta mål av seg å bruke rett verkemiddel til rett tid.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren sørger for at system for kontroll og oppfølging av inntekts- og velferdspolitiske verkemiddel blir følgde, og sikrar likebehandling, rettstryggleik og kvalitet i lov- og tilskotsforvaltninga på landbruks- og matområdet.
Statsforvaltaren har system for internkontroll av tilskot til reindriftsnæringa, gjennomfører offentleg teljing av rein, og skal aktivt følge opp brot på reindriftslova og grensereinbeitelova.
Berekraftsmåla
Statsforvaltaren er ein sentral bidragsytar på fleire fagområde som støttar opp under berekraftsmåla. For å sikre ei balansert sosial, økonomisk og miljømessig utvikling skal statsforvaltarane bidra til at berekraftsmåla er godt kommunisert, og til at dei ligg til grunn for den kommunale og fylkeskommunale planlegginga.
Kap. 525 Statsforvaltarane
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 983 488 | 1 931 161 | 2 271 829 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 59 546 | 185 294 | 89 047 |
Sum kap. 525 | 2 043 034 | 2 116 455 | 2 360 876 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke ordinære løns- og driftsutgifter for statsforvaltarane og Statsforvaltarens fellestenester (STAF). Løyvinga skal medverke til forsvarleg gjennomføring av oppgåvene frå 13 departement.
Rapport
På det administrative området har embeta og STAF følgt opp gevinstrealiseringsplanen for statsforvaltarane. Planen vart laga i samband med endringar i statsforvaltaranes geografiske struktur og gjeld perioden 2020–2026. Det er per 2022 realisert årlege innsparingar på 14 mill. kroner. Frå 2022 til 2023 auka effektiviseringskravet med 5 mill. kroner, og av dette vart 2,5 mill. kroner ført tilbake til statskassen.
Det vart gjennomført landsomfattande tilsyn med ansvaret til NAV-kontora for varetaking av behovet til barn ved tildeling av økonomisk stønad i 2022 og 2023.
Statsforvaltaren i Oslo og Viken førte i 2022 eitt tilsyn med omsorga for einslege mindreårige asylsøkjarar som bur i asylmottak.
Statsforvaltarane har hatt god oppfølging av kommunane både når det gjeld barnevernsreforma og dei nye samarbeidsføresegnene i velferdslovene.
Statsforvaltarane gjennomførte forskriftsfesta tilsyn med barneverninstitusjonane og behandla klagar på brot på rettsforskrifta. Det vart gjennomført landsomfattande tilsyn med ansvaret til barneverntenesta for oppfølging av barn i fosterheimar.
Statsforvaltarane førte i 2022–2023 landsomfattande tilsyn med om barn i barne- og avlastingsbustader får habilitering og opplæring som samsvarar med behova deira. Det vart i 2022 òg ført tilsyn med poliklinikkar i psykisk helsevern for barn og unge, og med førebygging av tvang i psykisk helsevern for vaksne. Landsomfattande tilsyn med psykisk helsevern for vaksne heldt fram i 2023, då òg med tema førebygging av sjølvmord.
Statsforvaltarane tok i bruk nye behandlingsmåtar for tilsynssaker for å prioritere innsats ut frå risiko og ei vurdering av kor vesentleg det er, og med tilsynsaktivitetar som best bidrar til formålet.
Statsforvaltaren har følgt opp kompetanse- og rekrutteringsstrategiane til kommunane, i tråd med Kompetanseløft 2025. Oppfølging av kommunane i gjennomføringa av kvalitetsreforma «Leve hele livet» har samstundes vorte prioritert dei siste åra.
Statsforvaltaren har styrkt overvaking og oppfølging av allmennlegetenesta i kommunane, både fastlegedekkinga og legevaktordninga. Støtte til kommunane i deira arbeid med helsefellesskapa har vore sentralt, samt bistand til kommunane i deira arbeid med psykisk helse, rus og vald. Statsforvaltaren har gitt råd og rettleiing til kommunar om kommunedelplanar og annan planlegging på helse- og folkehelseområdet.
For utfyllande rapportering, sjå dei respektive fagdepartementa sine fagproposisjonar.
Figuren under viser utgiftene i 1 000 kroner på kap. 525 Statsforvaltarane, post 01 i 2022 fordelt på dei ulike departementa.
Statsforvaltarens fellestenester (STAF)
STAF er ansvarleg for dokumentforvaltning, IKT og større innkjøp hos statsforvaltarane. I 2022 har STAF fortsett arbeidet med informasjonssikkerheit ved å innføre krav til multi-faktorautentisering og gjennom ein planlagt inntrengingstest frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Ei rekke tiltak er sett i verk som oppfølging av testen. STAF har gjort ei større organisasjonsendring i dokumentforvaltninga som er iverksett frå 2023.
Prisauken på IKT-utstyr og lisensar er langt over den ordinære prisauken, og det har ført til store utfordringar for STAF. Lønsutgiftene til IKT-kompetanse har òg auka merkbart. Dette reduserer dei reelle ressursane til STAF og fører til at enkelte oppgåver må nedprioriterast. Det er grunn til å tru at denne utviklinga held fram i 2024.
Prioriteringar for 2024
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for god tilgjengelegheit til dei sosiale tenestene ved NAV-kontoret, medrekna akutte førespurnader. Statsforvaltaren skal bidra til at kommunen gjer konkrete og individuelle vurderingar i samsvar med føremålet i lova, samt vere ein pådrivar for at det blir gitt råd og rettleiing etter sosialtenestelova, irekna økonomisk rådgjeving etter § 17. Statsforvaltaren skal vidare bidra til at alle som fyller vilkåra for deltaking i kvalifiseringsprogrammet får tilbod om program. I tillegg skal statsforvaltaren medverke til at tiltak i aktivitetsplikta for sosialhjelpsmottakarar under 30 år og andre aktivitetskrav blir individuelt tilpassa og retta mot arbeid eller utdanning for kvar enkelt tenestemottakar. Statsforvaltaren skal òg bidra til å vareta og styrke barne- og familieperspektivet i dei sosiale tenestene. Statsforvaltaren skal bidra i planlegging og gjennomføring av program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt.
Risikovurderinga av sosiale tenester i NAV, som Statens helsetilsyn publiserte i 2022, avdekte svikt på fleire område. Resultatet frå risikovurderinga ligg til grunn for val av landsomfattande tilsyn med økonomisk rådgjeving i 2024.
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren skal støtte opp under plikta kommunane har til å samarbeide og samordne velferdstenestene både på systemnivå og overfor kvart enkelt barn og ungdom. Statsforvaltaren skal følge med på korleis kommunane handterer plikta til å avgjere kva for ei kommunal velferdsteneste som skal vareta koordineringsansvaret i kvar enkelt sak der det er ikkje er klarleik eller semje om dette.
Statsforvaltaren skal følge opp kompetansestrategien i barnevernet, og bidra til å identifisere og motivere barnevernstenester med behov for kompetanseheving og rettleiing. Statsforvaltaren skal vidare etablere og følge opp læringsnettverka i kommunane mellom anna på fosterheimsområdet og drøfte tilstanden og utviklingsbehovet i barnevernstenestene. Statsforvaltaren skal òg bidra til å styrkje styring og leiing i barnevernet, mellom anna ved nettverk for barnevernsleiarane.
I 2024 skal det gjennomførast ein landsomfattande tilsynsaktivitet som følger opp tidlegare tilsyn med arbeidet til barnevernet med undersøkingar.
Barne- og familiedepartement har kome til at avgjerda om økonomisk godtgjering, frikjøp og omfang av oppfølging av fosterforeldre er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova. I dag følger dette av privatrettsleg avtale mellom barnevernstenesta og fosterforeldra. At slike avgjerder reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova inneber at fosterforeldre får klagerett til Statsforvaltaren på barneverntenesta si avgjerd. Klagerett vil gi eit behov for noko meir ressursar til statsforvaltarane, jf. nærare omtale under budsjettforslag for 2024.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren skal hjelpe kommunane med å bidra til å fremme helse- og livskvalitet og jamne ut sosiale helseforskjellar, mellom anna gjennom å auke helsekompetansen i befolkninga. Statsforvaltaren skal gi rettleiing og bistand til kommunane innan psykisk helse- og rus, og vil få ei sentral rolle i arbeidet med implementering av den komande opptrappingsplanen for psykisk helse, og dessutan ny førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet.
Statsforvaltaren skal hjelpe kommunane i arbeidet med å møte utfordringane i allmennlegetenestene inkludert legevakt, framfor alt i arbeidet med å rekruttere til og stabilisere fastlegeordninga. Statsforvaltaren skal bidra til at pasientar, brukarar og pårørande skal oppleva ei samanhengande helse- og omsorgsteneste.
Statsforvaltaren skal hjelpe og støtte kommunane i deira arbeid med strategisk kompetanseutvikling og planlegge for å møte dei venta demografiutfordringane. Statsforvaltaren skal mellom anna forvalte tilskotsordningar som er etablert for å støtte opp under høvet kommunane har til å nå sentrale målsetjingar, og dessutan sikre forsvarleg drift og innovasjon på helse- og omsorgsfeltet.
Statsforvaltaren skal prioritera førebyggande tilsyn i så stor grad som mogleg. Risikovurderingar skal ligge til grunn for prioriteringar av tilsyn.
I behandlinga av saker om mogleg svikt i tenestene skal statsforvaltaren velje dei tilsynsaktivitetane som i størst mogleg grad bidrar til auka kvalitet og tryggleik. Ansvaret for verksemdene for å førebygge, avdekkja og retta opp brot av helselovgivinga skal vektleggjast.
Helsetilsynet har vedteke ei satsing på tilsyn på helse- og omsorgstenester til eldre med ulike typar tilsynsaktivitetar og eit metodemangfald over tid. Den første tilsynsaktiviteten retter seg mot medisindispensere i heimetenestene og startar i 2024.
Statsforvaltarane skal føre tilsyn med meldeplikta til barnevernet etter ein rettleiar som Statens helsetilsyn og Utdanningsdirektoratet har samarbeidd om.
Kommunal- og distriktsdepartementet
Statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland skal styrkje sitt bustadsosiale fagmiljø og rettleie kommunane i det bustadsosiale arbeidet. Dette er ein del av forsøket med overføring av oppgåver frå to regionkontor i Husbanken.
Statsforvaltarane skal følgje opp sitt ansvar etter plandelen i plan- og bygningslova slik det framkommer under dei tre måla for programkategorien.
Statsforvaltarens fellestenester skal gjennomføre innsparingar i tråd med gevinstrealiseringsplanen. I dette arbeidet må ein prioritere informasjonssikkerheita og dagleg drift av eksisterande system.
Kunnskapsdepartementet
Statsforvaltaren skal forvalte tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring og støtte, legge til rette for og stimulere barnehage- og skuleeigarar i deira arbeid med lokal kompetanseutvikling.
Statsforvaltaren skal støtte innføringa av ny opplæringslov med forskrifter.
Statsforvaltaren skal gjennomføre felles nasjonalt tilsyn. Temaet er om kommunen gjennom internkontroll sikrar at regelverket for spesialundervisning, spesialpedagogisk hjelp og skulemiljø blir etterlevd. Alle tilsyn skal vere innretta og gjennomførte på bakgrunn av ei risikovurdering slik at tilsyna er treffsikre og effektive. Statsforvaltaren må følge opp all risiko for brot på regelverket fortløpande. Det skal vere auka bruk av tilsyn som verkemiddel der risikovurderingane tilseier det.
Statsforvaltaren skal bidra til å etterleve regelverket i sektor òg på andre område, slik som til dømes spesialpedagogisk hjelp, spesialundervisning og opplæring i og på samisk. Dei skal ha særskild merksemd på elevar i vidaregåande opplæring.
Statsforvaltaren skal arbeide førebyggande og systematisk for å sikre at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø, og at alle barnehagebarn har eit trygt og godt barnehagemiljø.
Justis- og beredskapsdepartementet
Gitt den sikkerheitspolitiske situasjonen er det viktig at statsforvaltaren vidarefører si aktive samordningsrolle og bidrar til at totalforsvarsarbeidet blir integrert på regionalt og lokalt nivå. Statsforvaltaren er ein viktig pådrivar i arbeidet med å utarbeide beredskapsplanverk for hendingar med store tverrsektorielle konsekvensar.
Statsforvaltaren skal vere ein aktiv aktør på lokalt og regionalt nivå i arbeidet med å førebu og verne seg mot klimarisiko og naturfare.
Utviklinga av verjemålsfeltet vil fortsette i 2024 for å sikre høg kvalitet. Statsforvaltaren skal i 2024 særleg legge vekt på oppfølging av verjer og sørge for at dei får tilstrekkeleg kompetanse og god rolleforståing. Verjehavar skal få sine ønsker og behov varetekne. Statsforvaltaren skal følge opp at nye verjer gjennomfører tilgjengeleg e-opplæring.
Statsforvaltaren i Oslo og Viken skal føre tilsyn med omsorga for einslege mindreårige asylsøkjarar som bur i asylmottak.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til at regjeringa sin oppdaterte jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernsmål blir følgd opp. Statsforvaltaren skal framleis legge vekt på arbeidet med tilskotsforvaltning og kontroll på heile landbruksområdet, der skogbruk og reindrift skal vere del av arbeidet.
Statsforvaltaren skal stimulera til god oppslutning om klima- og miljøtiltaka i jordbruket, implementere ny kunnskap i arbeid med miljøverkemidla, og bidra til at kunnskap når ut til kommunane og jordbruksnæringa.
Statsforvaltaren i Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark har ei viktig oppgåve i å legge til rette for at kommunane har kunnskap om reindrift, og kan vareta reindrifta i arealplanlegging. Statsforvaltaren skal ha dette som ei prioritert oppgåve i 2024, og skal samarbeide med Landbruksdirektoratet om å bygge opp sin kunnskap om arealforvaltning.
Klima- og miljødepartementet
Statsforvaltaren er viktig for å løyse klima- og naturkrisene. Statsforvaltaren skal bidra til å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til eit endra klima, jobbe for økosystem i god tilstand og ta vare på den mest trua naturen, og bidra til å redusere utslepp av miljøgifter og næringsstoff i naturen. Statsforvaltaren skal prioritere arbeid med å vareta klima- og miljøomsyn på tvers av sektorar, og særleg prioritere å bidra til at kommunane tar klima- og miljøomsyn i plansaker.
Budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner. Dette skal gjennomførast ved reduksjon i oppgåvene til statsforvaltarane, etter retningslinjer fastsett av dei departementa som gjev oppgåver til statsforvaltarane.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med ytterlegare 5 mill. kroner på grunnlag av gevinstrealiseringsplanen for statsforvaltarane. Dette gjeld utgifter til dokumentforvalting, nokre administrative funksjonar og IKT-utgifter.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 543 000 kroner som følge av innsparing knytt til meir effektive leigekontraktar for statlege verksemder.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner til styrking av Statsforvaltaren i Rogalands landsdekkande rolle på petroleumsfeltet, med overføring frå kap. 700, post 70 under Helse- og omsorgsdepartementet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,2 mill. kroner for å dekke fire stillingar som verneområdeforvaltarar, med overføring frå kap. 1420, postane 21 og 39 under Klima- og miljødepartementet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner for å dekke ei ny oppgåve for statsforvaltarane som skal handsame klage på vedtak knytt til fosterheimar. Løyvinga blir finansiert med overføring frå kap. 854, post 21 under Barne- og familiedepartementet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 229 mill. kroner til finansiering av verjemål, som har vore ei fast oppgåve for statsforvaltarane frå 2014, med overføring frå kap. 469, post 01 under Justis- og beredskapsdepartementet. Løyvinga gjeld løn og driftsutgifter til verjemålsmyndigheita hos statsforvaltarane. Justis- og beredskapsdepartementet har i lengre tid hatt dialog med Kommunal- og distriktsdepartementet om overføringa, og Statens sivilrettsforvaltning har hatt dialog med statsforvaltarane.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,4 mill. kroner til oppgåver innan gravplassforvaltinga, med overføring frå kap. 881, post 21 under Barne- og familiedepartementet.
Det blir foreslått å løyve 2 271,8 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3525, post 02, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga skal dekke løns- og driftsutgifter for tidsavgrensa oppgåver hos statsforvaltaren, finansiert av departement, direktorat, tilsyn og andre verksemder. Dette gjeld mellom anna handlingsplanar og ulike typar prosjekt. Løyvingane blir ført til inntekt på kap. 3525, post 01 medan utgiftene blir ført på kap. 525, post 21 når dei oppstår. Av omsyn til realistisk budsjettering, er løyvinga redusert med 100 mill. kroner både på inntektskapittelet og utgiftskapittelet.
Det blir foreslått å løyve 89 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3525, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 3525 Statsforvaltarane
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Inntekter ved oppdrag | 55 352 | 185 294 | 89 047 |
02 | Diverse inntekter | 6 472 | ||
Sum kap. 3525 | 61 824 | 185 294 | 89 047 |
Post 01 Inntekter ved oppdrag
På posten førast inntekter frå andre som gir statsforvaltarane og Statsforvaltarens fellestenester oppdrag eller prosjekt. Midlane gis frå departement, direktorat, tilsyn eller andre verksemder. Av omsyn til realistisk budsjettering, er løyvinga foreslått redusert med 100 mill. kroner både på inntektskapittelet og utgiftskapittelet.
Det blir foreslått å løyve 89 mill. kroner.
Post 02 Diverse inntekter
På posten blir det ført refusjonar av ordinære driftsutgifter på kap. 525, post 01 frå andre statsforvaltarar, andre statlege verksemder eller andre organisasjonar.
Programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning
Utgifter under programkategori 13.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
530 | Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga | 2 493 573 | 3 353 450 | 5 759 981 | 71,8 |
531 | Eigedomar til kongelege føremål | 94 535 | 69 433 | 74 311 | 7,0 |
533 | Eigedomar utanfor husleigeordninga | 194 199 | 61 470 | 62 947 | 2,4 |
2445 | Statsbygg | 4 416 510 | 8 887 996 | 7 734 502 | -13,0 |
Sum kategori 13.30 | 7 198 817 | 12 372 349 | 13 631 741 | 10,2 |
Inntekter under programkategori 13.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3533 | Eigedomar utanfor husleigeordninga | 5 454 | 5 140 | 5 366 | 4,4 |
5446 | Sal av eigedom, Fornebu | 2 098 | 0,0 | ||
5447 | Sal av eigedom utanfor statens forvaltningsbedrifter | 1 322 996 | 0,0 | ||
Sum kategori 13.30 | 1 330 548 | 5 140 | 5 366 | 4,4 |
Innleiing
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for bygge- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Departementet har ansvar for reglar og retningslinjer for korleis staten sine byggeprosjekt og leige av lokale skal gjennomførast. Det einskilde departement er ansvarleg for lokalanskaffingar i sin sektor. I statleg sivil sektor er det eit potensial for ei meir samla tilnærming til byggeprosjekt, eigedomsforvaltning og leige av lokale.
I byggeprosjekt der Statsbygg er byggherre, koordinerer departementet den budsjettmessige oppfølginga av prosjekta frå oppstart til ferdigstilling. I 2024 foreslår regjeringa å starte arbeidet med rehabilitering av Bergen tinghus og campussamling ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
Departementet skal legge til rette for at Statsbygg kan forvalte og utvikle eigedomane på ein god måte. Statsbygg forvaltar ein stor del av eigedomsmassen til staten og hjelper andre statlege verksemder i utgreiing av lokalbehov og ved leige av lokale i marknaden.
Det går føre seg fleire tiltak for auka kostnadseffektivitet i bygge- og eigedomsverksemda i statleg sivil sektor. Statsbygg jobbar målretta med å styrkje prosjektstyringa og dessutan redusere kompleksitet, arealbruk og kvadratmeterprisar i byggeprosjekt. Ei auka utnytting av eksisterande bygningsmasse kan redusere behovet for nybygg og bidra til redusert klimafotavtrykk og ressursbruk. Eit anna område med stort potensial for effektivisering er leigeutgiftene som staten har til kontorlokale i marknaden, som i dag utgjer om lag 6 mrd. kroner per år. Det er eit mål å redusere desse utgiftene med 15 pst. frå 2020 til 2029, men med generell kostnadsauke aukar òg leigekostnadene. For å ta ut det identifiserte potensialet for innsparing er det viktig å søkje nye og meir kostnadseffektive lokale. Bruk av Statsbygg som rådgivar, og koordinering og standardisering av leigeforholda til staten, har allereie gitt staten store reduksjonar i leigeutgifter.
Statsbygg har gjennomført ei rekke digitaliserings- og automatiseringstiltak for å effektivisere verksemda. Etableringa av samhandlingsplattforma statensinnleie.no har ført til ein vesentleg meir effektiv framgangsmåte for leige av lokale. Vidare blir det arbeidd med å innføre eit tilsvarande system for tomtesøk i marknaden, noko som vil effektivisere arbeidet både for tilbydarar og Statsbygg. I 2022 har arbeidet med effektivisering og digitalisering blitt intensivert, og Statsbygg har mellom anna etablert eit nytt rammeverk og plattform for utvikling og innovasjon, utarbeidd ein data- og analysestrategi samt danna eit målbilete for utvikling og transformasjon.
Stortinget har slutta seg til Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030, der det er utarbeidd felles klima- og miljøambisjonar for bygg og eigedomar i statleg sivil sektor. Desse gjeld for alle statlege verksemder, òg dei som sjølv gjennomfører byggeprosjekt og forvaltar dei eigedomane dei brukar.
Byggekostnadane har dei siste åra auka unormalt mykje, hovudsakleg drive av auka prisar på vareinnsats og transport. Prisauken på byggevarer og -materialar kjem av både materialmangel og auka produksjons- og fraktkostnader. Prisane på konstruksjonsmaterialar som trelast og stål har falle ein del frå toppen, men prisane på mange andre typar vareinnsats, særleg tekniske fag, har halde fram med å stige gjennom 2022 og i 2023. Råvare- og energiprisane internasjonalt har falle ein del frå toppnoteringane under pandemien, men er framleis høge. Lågare vekst i verdsøkonomien kan gi betre balanse i fleire marknader framover. Ringverknadene etter pandemien minkar no, og Kina har òg opna opp igjen i 2023. Krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland sørgjer likevel for at energi held fram med å vere relativt dyrt, sjølv om utsiktene for tilgang på energi i Europa har betra seg dei siste månadene.
Delar av byggenæringa har utfordringar med useriøse aktørar. Statsbygg samarbeider med næringa for å etablere rutinar og verktøy for å førebygge og avdekke brot på regelverk og seriøsitetskrav. Statsbygg jobbar målretta med tiltak mot useriøse aktørar, og stiller i kontraktane sine strenge krav om mellom anna faglærde, lærlingar og faste tilsetjingar.
Mål for programkategorien
Statlege verksemder har effektive og berekraftige lokale som støttar verksemdenes føremål
Statleg eigedomsforvaltning er verdibevarande, berekraftig og effektiv
Mål 1 Statlege verksemder har effektive og berekraftige lokale som støttar verksemdenes føremål
Lokale er ein viktig innsatsfaktor og skal vere tilpassa føremåla og funksjonane til verksemdene. For at statlege verksemder skal levere effektive tenester med høg kvalitet, må lokala vere føremålstenlege, funksjonelle og attraktive. Det er viktig å utvikle staten sine lokale på ein måte som tilfredsstiller behova på kort og lang sikt. Berekraftige lokale er kjenneteikna av mellom anna låge klimagassutslepp, positiv påverknad på lokalsamfunnet og anstendige forhold for dei som arbeider med eigedomen.
Innanfor eigen sektor skal departementa styrkje styringa av den samla eigedomsporteføljen. Samstundes skal Statsbygg bidra til funksjonalitet, fleksibilitet og attraktivitet i statlege eigedomar. Dette vil redusere ressursbruken og behovet for nybygg. Databasen Statens lokale er eit godt verktøy for analysar og porteføljestyring. Statsbygg tilrådde ombruk av eksisterande bygningsmasse for heile eller deler av behovet i sju av ti utgreiingsoppdrag i 2022.
I 2022 inngjekk staten 13 nye leigekontraktar med Statsbygg som rådgivar. Desse gav ein samla reduksjon i leigeutgifter for staten på om lag 306 mill. kroner i noverdi, berekna for levetida på kontraktane på ti år. Staten skal utnytte areala betre, og ikkje betale ei høgare leige enn nødvendig. Utviklinga går i riktig retning, men staten må halde fram med å redusere kostnadane. Departementa og Statsbygg skal derfor jamleg gjennomgå porteføljen av lokale. Statsbygg utarbeidde i 2022 ein rettleiar for leige av lokale i marknaden.
Staten avhendar fast eigedom der det statlege behovet fell bort og det ikkje er andre grunnar for statleg eigarskap. I 2022 selde Statsbygg eigedomar med ein netto salsvinst på om lag 1,7 mrd. kroner.
Statsbygg har dei siste fem åra (2018–2022) ferdigstilt 69 byggeprosjekt til ein sluttkostnad 3 pst. lågare enn samla kostnadsramme. I 2022 arbeidde Statsbygg med 73 byggeprosjekt, og 9 vart ferdigstilte. Dei største var Nasjonalbibliotekets nye fjellanlegg, den nasjonale minnestaden etter 22. juli på Utøyakaia og Statens hus i Vadsø.
Målt mot minstekrav i byggteknisk forskrift vart klimagassutsleppa for byggeprosjekta i 2022 reduserte med 35,5 pst. Berekninga inkluderer utslepp frå materiale og frå energi i drift over bygga sine normerte livsløp på 60 år. 44 pst. av gjeldande areal (BTA) i byggefase i 2022 er planlagd BREEAM-sertifisert med «Excellent».
Målretta arbeid med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) og seriøsitet bidrar til ei tryggare og meir seriøs næring. Skadefrekvensen ved byggeplassane til Statsbygg viser 36 skadar med og utan fråvær per million arbeidde timar i 2022. Delen arbeidsrelaterte personskadar med og utan fråvær per million arbeidstimar har dermed halde seg på eit høgt nivå i 2022. Statsbygg jobbar målretta saman med entreprenørane for å redusere skadefrekvensen.
Statsbygg er ein pådrivar for digitalisering og innovasjon. Det går føre seg fleire digitaliseringsprosjekt for å effektivisere arbeidsprosessar, auke kvalitet på leveransar, betre sikkerheit og redusere påverknaden på klimaet. I 2022 har Statsbygg mellom anna arbeidd med omstillinga av IT-funksjonen, utarbeidd ein data- og analysestrategi og digitalisert husleigeprosessen.
Mål 2 Statleg eigedomsforvaltning er verdibevarande, berekraftig og effektiv
Statsbygg er største eigedomsforvaltar i statleg sivil sektor. Eigedomsforvaltninga omfattar forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bygningar og eigedomar som inngår i den statlege husleigeordninga. I tillegg forvaltar Statsbygg dei statlege kongelege eigedomane under kap. 531 Eigedomar til kongelege føremål og kulturhistoriske eigedomar under kap. 533 Eigedomar utanfor husleigeordninga.
I statleg sivil sektor er det òg verksemder som forvaltar den bygningsmassen dei sjølv nyttar. Regjeringa vil arbeide for at alle eigedomsforvaltarane er samordna, møter dei same forventingane og varetar eigedomsmassen på ein berekraftig og kostnadseffektiv måte.
Føringane og krava til Statsbygg si eigedomsforvaltning blir vurderte som godt tatt hand om i 2022. Det vart gjennomført vedlikehald og utbetringar for 1,2 mrd. kroner. Vedlikehaldet utgjorde 426 kroner per kvadratmeter for eigedomar i husleigeordninga. Statsbygg har ein godt vedlikehalden eigedomsportefølje, med unntak av deler av fengselsporteføljen under kap. 2445 Statsbygg og fleire av dei kulturhistoriske eigedomane under kap. 533 Eigedomar utanfor husleigeordninga.
Fengselseigedomane vart overførte til Statsbygg i 2009. I perioden 2009–2022 er det gjennomført vedlikehaldstiltak for om lag 2,5 mrd. kroner på fengselseigedomane. Vedlikehaldet har redusert risikoen for uønskt stenging av soningsplassar. Arbeidet med utskifting av gammal bygningsmasse bidrar til betre sikkerheits- og soningstilhøve og meir effektiv drift. Det er likevel framleis eit betydeleg vedlikehaldsetterslep i porteføljen, og arbeidet vil halde fram.
Statsbygg forvaltar ei rekke verna bygg og eigedomar klassifiserte som kulturhistoriske eigedomar. Forvaltning, drift og vedlikehald blir utført i nært samarbeid med vernestyresmakter. I 2022 vart arbeider på Villa Gjøa på Bygdøy og Kommandantboligen på Munkholmen ferdigstilt.
Tilstandsanalysane er eit viktig underlag for utviklings- og vedlikehaldsplanar på eigedomane, og Statsbygg gjennomfører rullerande tilstandsanalysar på eigedomane. Sidan 2019 har det blitt gjennomført tilstandsanalysar for ca. 73 pst. av total bygningsmasse. Bygningsmassen samla har berre mindre til moderate avvik, med unntak av fengselsporteføljen og porteføljen for kulturhistoriske eigedomar som framleis har eit stort vedlikehaldsbehov.
Statsbygg er i rute med å oppnå at eigedomane, unntatt fengsla, skal vere universelt utforma innan 2025. Det blir ikkje arbeidd vidare med universell utforming på enkelte kulturhistoriske eigedomar, der kostnadane blir svært høge.
Statsbygg har over mange år jobba med å effektivisere eigedomsdrifta og har over tid både redusert driftskostnadar per kvadratmeter og auka forvaltningsareal per driftsårsverk. Frå 2021 til 2022 vart driftskostnadar per kvadratmeter redusert frå 74 til 72 kroner og forvaltningsareal per driftsårsverk auka frå 10 228 kvadratmeter til 10 660 kvadratmeter. Krava til energibruk per kvadratmeter i eigedomsporteføljen vart òg innfridde.
Det vart i 2022 gjennomført ei rekke tiltak for ei meir berekraftig eigedomsforvaltning i samband med investeringsprosjekta og vedlikehald av bygningsmassen. Det vart i 2022 òg etablert eit nytt digitalt mottak der leigetakarar og andre statlege verksemder kan stille spørsmål om energieffektivisering og få råd om energitiltak. Som ein del av Statsbygg sin klimaplan mot 2025, er energieffektivisering på fastlandet og fornybar energiforsyning for utanlandseigedomane blant Statsbygg sine prioriterte satsingsområde.
I 2022 hadde Statsbygg åtte lærlingar. Tre var lærlingar i byggdriftarfaget, med læretida på eigedomane, og fem i IKT-drift.
Berekraftsmåla
Fleire berekraftsmål er relevante for bygge- og eigedomsverksemda. Statsbygg har over tid arbeidd systematisk med berekraft. For 2022 har dei publisert ein berekraftsrapport, noko som dei vil halde fram med i komande år. Til dømes arbeider Statsbygg, i samarbeid med andre statlege aktørar, for meir seriøsitet og mot arbeidslivskriminalitet, jf. mål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Dei gir råd om lokalisering som skal bidra til mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn og dei gir råd om løysingar i bygga som kan bidra til mål 7 om rein energi til alle og mål 13 om å stoppe klimaendringane. Bygge- og eigedomsverksemda i Statsbygg skal òg bidra med å bevare og auke naturmangfaldskvalitetar, jf. mål 15 om livet på land. Berekraftsmåla er reflekterte i Statsbyggs strategiske mål for 2021–2025 og skal vere retningsgivande for bygge- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor.
Kap. 530 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
30 | Prosjektering av bygg, kan overførast | 176 192 | 87 000 | |
31 | Igangsetjing av byggeprosjekt, kan overførast | 142 909 | 169 000 | |
33 | Vidareføring av byggeprosjekt, kan overførast | 2 020 805 | 2 505 950 | 4 385 000 |
34 | Statens eigedom på Adamstuen, kan overførast | 7 528 | ||
36 | Kunstnarisk utsmykking, kan overførast | 16 101 | 34 000 | 59 081 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 130 038 | 726 500 | 1 146 900 |
Sum kap. 530 | 2 493 573 | 3 353 450 | 5 759 981 |
Løyvingane på kapittelet gjeld byggeprosjekt der Statsbygg er byggherre, mens oppdragsgivarane har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av bygningane etter at dei er ferdigstilte.
Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til prosjektering av ordinære byggeprosjekt fram til fullført forprosjekt.
I 2022 vart løyvinga brukt til vidareføring av prosjektering for NTNU campussamling og rehabilitering av Nationaltheatret.
Det blir ikkje foreslått løyving på posten i 2024.
Post 31 Igangsetjing av byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til oppstart av nye byggeprosjekt utanfor husleigeordninga.
I 2022 vart det løyva midlar til igangsetjing av eitt byggeprosjekt utanfor husleigeordninga, Norsk havteknologisenter. I 2024 blir det foreslått å løyve midlar til oppstart av NTNU campussamling. Prosjektet er venta ferdig 2030, innanfor ei kostnadsramme på 7 239 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2024. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet for meir omtale av prosjektet.
Det blir foreslått å løyve 169 mill. kroner.
Post 33 Vidareføring av byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til vidareføring av prosjekt som Stortinget tidlegare har vedtatt å starte opp. Løyvinga skal sikre optimal framdrift i prosjekt under oppføring.
I 2022 vart det brukt 2 020,8 mill. kroner på posten. Dei største prosjekta var nytt livsvitskapsbygg og Vikingtidsmuseet, begge ved Universitetet i Oslo.
Tabellen nedanfor viser prosjekt på kap. 530 der bygging blir vidareført i 2024:
Tabell 5.3 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga – under oppføring
(i mill. kroner) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Oppstart | Forventa ferdig | Kostnadsramme per 1.7.20241 | Forventa forbruk t.o.m. 2023 | Forslag 2024 | |
Prosjekt under Kunnskapsdepartementet: | |||||
UiO, Nytt livsvitskapsbygg | 2018 | 2026 | 13 014,9 | 5 645 | 2 700 |
UiO, Vikingtidsmuseet | 2020 | 2026 | 3 903,4 | 1 160 | 685 |
Prosjekt under Nærings- og fiskeridepartementet: | |||||
Norsk havteknologisenter | 2022 | 2028 | 5 393,6 | 837 | 1 000 |
Prosjekt i reklamasjonsfase/avslutningsfase | |||||
Samla forslag post 33 | 4 385 |
1 Kostnadsrammene er eksklusive midlar til kunstnarisk utsmykking, jf. kap. 530, post 36.
Statsbygg kan fordele midlane på posten mellom dei ulike prosjekta, avhengig av framdrift og likviditetsbehov for det enkelte prosjektet i 2024.
Det blir foreslått å løyve 4 385 mill. kroner.
Post 34 Statens eigedom på Adamstuen, kan overførast
Som ei følgje av samlokalisering av verksemder i nye bygg ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, vart lokala som NMBU, Veterinærinstituttet og Mattilsynet tidlegare har brukt på Adamstuen i Oslo, fråflytta i 2021. Hovuddelen av eigedomen vart seld til Oslo kommune i 2021. Den andre delen av eigedomen vart seld i 2022. Sjå omtale under kap. 5447 Sal av eigedom utanfor statens forvaltningsbedrifter. Det blir ikkje foreslått løyving på posten i 2024.
Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast
Posten inneheld midlar til kunstnarisk utsmykking i statlege bygg under oppføring, òg for byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg. Løyvinga blir disponert av Kunst i offentlege rom (KORO) som gjennomfører prosjekta. Kostnadar til kunstnarisk utsmykking blir ikkje tatt inn i grunnlaget for husleigeutrekninga.
Det blir foreslått å løyve 59,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga gjeld der Statsbygg får i oppdrag å prosjektere og skaffe brukarutstyr til byggeprosjekta. Det inkluderer òg brukarutstyr til byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg, og nødvendige sikringstiltak på Nationaltheatret for å sikre drift. Eit brukarutstyrsprosjekt er eit separat prosjekt med eigne økonomiske rammer, og er ikkje del av byggeprosjektet, sjølv om delar av prosjekta normalt er tett integrerte. Oppdragsdepartementet er ansvarleg for gjennomføring av brukarutstyrsprosjektet, òg i dei tilfella Statsbygg hjelper til i anskaffingane.
I dei tilfella der Statsbygg skal forplikte for brukarutstyrsprosjektet ut over budsjettåret, må oppdragsdepartementet fremje forslag om slik fullmakt og delegere denne til Statsbygg.
Rapport
I 2022 vart midlane brukte til å skaffe brukarutstyr for UiO nytt livsvitskapsbygg, UiO Vikingtidsmuseet, Norsk havteknologisenter og fagskulen for brann- og redningspersonell. I tillegg vart det gjennomført sluttarbeid/sluttoppgjer for Nasjonalmuseet og NMBU Campus Ås. Vidare vart midlane brukte til prosjektering av brukarutstyr for nytt regjeringskvartal, Nationaltheatret inkludert sikring av eksisterande eigedom, NTNU campussamling og samlokalisering av Det samiske nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Løyvingane til brukarutstyr er foreslått vidareførte med 110 mill. kroner til nytt livsvitskapsbygg og 35 mill. kroner til Vikingtidsmuseet, begge ved UiO, 16,9 mill. kroner til fagskulen for brann- og redningspersonell, 26 mill. kroner til nytt regjeringskvartal og 906,6 mill. kroner til Norsk havteknologisenter, 10 mill. kroner til samlokalisering av Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i Bergen og 9 mill. kroner til NTNU campussamling. I tillegg er det foreslått 30 mill. kroner til å vidareføre arbeidet med nødvendige tiltak på Nationaltheatret. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet for ytterlegare omtale av prosjekta.
Det blir foreslått å løyve 1 146,9 mill. kroner.
Kap. 531 Eigedomar til kongelege føremål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 30 816 | 30 129 | 31 788 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 63 719 | 39 304 | 42 523 |
Sum kap. 531 | 94 535 | 69 433 | 74 311 |
H.M. Kongen har disposisjonsrett til Det kongelege slott, hovudhuset på Bygdøy kongsgard med sidebygning og park, Oscarshall slott, Stiftsgarden i Trondheim og Gamlehaugen i Bergen. Ved Stiftsgarden og Gamlehaugen har Statsbygg ansvaret for bygningar, interiør og utandørsanlegg. Ved eigedomane i Oslo har Statsbygg ansvaret for ytre vedlikehald, tekniske installasjonar og større vedlikehaldsarbeid, medan Det kongelege hoffet har ansvaret for innvendig vedlikehald og parkanlegg. Eigedomane representerer store kulturhistoriske verdiar. Det kongelege hoffet og Statsbygg har eit nært samarbeid med Riksantikvaren om forvaltning av eigedomane.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av dei statlege kongelege eigedomane, som H.M. Kongen har disposisjonsrett til. Dette skjer i nært samarbeid med Det kongelege hoffet.
Det blir foreslått å løyve 31,8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker bygningsmessige arbeid av investeringsmessig karakter.
I 2022 vart midlane i hovudsak brukte til restaurering av Ridehallen og restaurering av tverrfløy og istandsetting av Stallgarden ved Det kongelege slott. I tillegg er løyvinga brukt til å dekke kostnadar til sikkerheitstiltak på Bygdøy kongsgard og til restaurering av fasadar ved Gamlehaugen.
I 2024 vil innvendig restaurering av Gamlehaugen, restaurering og rehabilitering av tverrfløy sør og nord i Stallbygget og istandsetting av Stallgarden med omkringliggande areal ved Det kongelege slott bli prioritert. I tillegg vil det bli igangsett førebuande arbeid for utskifting av tak på søre sidefløy på Slottet og utbetring av Slottsplassen.
Det blir foreslått å løyve 42,5 mill. kroner.
Kap. 533 Eigedomar utanfor husleigeordninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 24 883 | 26 470 | 27 947 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 169 316 | 35 000 | 35 000 |
Sum kap. 533 | 194 199 | 61 470 | 62 947 |
Kapittelet omfattar forvaltning av kulturhistoriske eigedomar utanfor den statlege husleigeordninga. Samla bygningsareal er om lag 32 000 kvadratmeter og inkluderer Håkonshallen og Rosenkrantztårnet på Bergenhus festning, Munkholmen, Austråttborgen, Grotten, Bjørgan prestegard, staten sine eigedomar etter Røros koparverk, Villa Stenersen, Klemenskirken, Stavern fort på Citadelløya, Sjømennenes minnehall, fjell- og øydestover, Bygdøy kongsgard og den nasjonale minnestaden etter 22. juli på Utøyakaia. Statsbygg skal utøve fagleg godt vedlikehald av eigedomane i nært samarbeid med vernestyresmaktene. Det er konstatert betydeleg vedlikehaldsetterslep ved fleire av eigedomane. Statsbygg utarbeider jamleg tilstandsanalysar og har ein plan for ei berekraftig kulturminnefagleg sikring av porteføljen i ein tiårsperiode (2020–2029). Det er frå 2019 satt av 35 mill. kroner årleg til ekstraordinært vedlikehald og oppgradering av bygningsmassen, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av bygningsmassen.
I 2022 vart det utført vedlikehaldstiltak ved mellom anna Stavern Fort på Citadelløya, Munkholmen kommandantbustad og Håkonshallen.
Det blir foreslått å løyve 27,9 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3533, post 02, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til restaureringsarbeid ved eigedomane.
I 2022 utførte Statsbygg ekstraordinært vedlikehald og oppgradering av bygningsmassen, mellom anna på Rosenkrantztårnet, staten sine eigedomar på Røros, rehabilitering av eigedomane på Bygdøy (Hengsenga og Villa Gjøa), Villa Stenersen, Munkholmen og Austråttborgen. Den nasjonale minnestaden etter 22. juli på Utøyakaia vart ferdigstilt i 2022.
I 2024 blir det foreslått ei løyving på 35 mill. kroner til ekstraordinært vedlikehald og oppgradering av bygningsmassen. Løyvinga skal mellom anna gå til rehabilitering av bygningsmassen på Bygdøy kongsgard, Håkonshallen, ved Villa Stenersen og Munkholmen.
Kap. 3533 Eigedomar utanfor husleigeordninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
02 | Diverse inntekter | 5 454 | 5 140 | 5 366 |
Sum kap. 3533 | 5 454 | 5 140 | 5 366 |
Post 02 Diverse inntekter
På posten førast i hovudsak inntekter frå parkering ved Bygdøy kongsgard. Det blir foreslått å løyve 5,4 mill. kroner.
Kap. 2445 Statsbygg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
24 | Driftsresultat | -1 196 159 | -324 596 | -334 642 |
30 | Prosjektering av bygg, kan overførast | 72 205 | 262 700 | 439 000 |
31 | Igangsetjing av ordinære byggeprosjekt, kan overførast | 302 003 | 61 200 | 100 000 |
32 | Prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast | 149 295 | 277 000 | 277 000 |
33 | Vidareføring av ordinære byggeprosjekt, kan overførast | 4 016 409 | 6 139 450 | 5 306 140 |
34 | Vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast | 463 057 | 850 000 | 850 000 |
39 | Renter på byggelån, kan overførast | 275 181 | 490 000 | 667 000 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 214 832 | 326 266 | 352 985 |
49 | Kjøp av eigedomar, kan overførast | 119 687 | 805 976 | 77 019 |
Sum kap. 2445 | 4 416 510 | 8 887 996 | 7 734 502 |
Statsbygg er organisert som ei forvaltningsbedrift og forvaltar 2,96 mill. kvadratmeter bygningsmasse, fordelt på 2 224 bygningar. Verksemda har 845 årsverk, fordelte på hovudkontoret i Oslo og fire lokalkontor og driftspersonale på eigedomane. Kap. 2445 Statsbygg inneheld både drifts- og investeringsbudsjett. Post 24 Driftsresultat er driftsinntekter med frådrag av driftskostnadar og kapitalkostnadar, og overføringar til og frå reguleringsfondet. Investeringsbudsjettet, postane 30 til 49, inneheld løyvingar til prosjektering, bygging, kjøp av eigedom, og dessutan byggelånsrenter. Byggeprosjekta blir finansierte etter to ulike modellar, ordinære og brukarfinansierte byggeprosjekt. Ordinære byggeprosjekt blir fremma for Stortinget med forslag til kostnadsramme for kvart enkelt prosjekt og moglegheit for heil eller delvis husleigekompensasjon for brukaren. Kostnadsrammene for prosjekta blir rekna ut med basis i gjennomført forprosjekt og fastsett på eit nivå som inneber at ein med 85 pst. sannsyn skal greie å halde dei. Investeringa for brukarfinansierte byggeprosjekt blir finansiert gjennom husleige som blir dekt innanfor brukaren si eksisterande økonomiske ramme. Desse prosjekta blir behandla etter forenkla prosedyrar i tråd med eiga fullmakt frå Stortinget, jf. forslag til romartalsvedtak. Statsbygg har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av alle byggeprosjekt under kap. 2445 Statsbygg, etter at dei er ferdigstilte.
Post 24 Driftsresultat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
24.1 | Driftsinntekter | -6 248 930 | -5 820 000 | -6 364 000 |
24.2 | Driftsutgifter | 2 331 912 | 2 270 404 | 2 695 358 |
24.3 | Avskrivingar | 1 616 900 | 1 548 000 | 1 614 000 |
24.4 | Renter av statens kapital | 1 656 644 | 1 677 000 | 1 720 000 |
24.6 | Til reguleringsfondet | -552 685 | ||
Sum post 24 | -1 196 159 | -324 596 | -334 642 |
Driftsbudsjettet til Statsbygg skal dekke alle utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald, utskiftingar ved eigedomane, og dessutan avskrivingar og renter av statens kapital.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Inntektene består i hovudsak av husleige. Husleiga dekker forvaltning, drift, vedlikehald, utskiftingar ved eigedomane, avskrivingar og avkasting på investert kapital. I tillegg blir det rekneskapsført netto inntekter frå sal av eigedom, fakturerte rådgivingstenester og inntekter frå andre oppdrag på denne underposten.
Underpost 24.2 Driftsutgifter
Driftsutgiftene består i hovudsak av forvaltning, drift og vedlikehald av eigedomsmassen og administrasjon og løn.
Underpost 24.3 Avskrivingar
Alle eigedelar blir avskrivne lineært. Normal avskrivingstid for nybygg er 60 år. Tekniske anlegg og andre særskilde bygningskomponentar har kortare avskrivingstid. Avskrivingane blir førte som ei driftsutgift i Statsbygg og blir utlikna av ei tilsvarande inntekt på Finansdepartementets kap. 5491 Avskrivingar på statens kapital i statens forvaltningsbedrifter, post 30 Avskrivingar, for å vise staten sine totale kostnadar basert på kontantprinsippet.
Underpost 24.4 Renter av statens kapital
Rentene førast som ei driftsutgift i Statsbygg, og motsvarast av ei tilsvarande inntekt på Finansdepartementet sitt kap. 5603 Renter av statens kapital i statens forvaltningsbedrifter, post 80 Renter av statens faste kapital.
Underpost 24.5 Til investeringsføremål
Posten gjeld avsetning til investeringsføremål. Posten blir brukt når investeringar ut over løyving blir finansierte frå drifta, til dømes kjøp av eigedom.
Underpost 24.6 Til reguleringsfondet
Føremålet til reguleringsfondet er å utjamne variasjonar i driftsinntekter og -utgifter mellom år. Fondet skal òg dekke utgifter ved skadetilfelle på eigedomane. For at fondet skal verke slik det er meint, er det viktig å halde det på eit tilstrekkeleg nivå. Stortinget har slutta seg til at reguleringsfondet over tid bør vere om lag 1 pst. av balansen. Ved utgangen av 2022 utgjorde reguleringsfondet 994 mill. kroner, mens balansen var om lag 58 mrd. kroner. Departementet kan godkjenne overskriding av årlege løyvingar på investeringspostane ved bruk av midlar frå fondet. Det gjeld både tilførsel av likviditet for å halde optimal framdrift i byggeprosjekt under arbeid, og kjøp av eigedom på kap. 2445 Statsbygg, jf. forslag til romartalsvedtak.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått eit driftsresultat på 334,6 mill. kroner, ei auke på 10 mill. kroner.
Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til prosjektering av prioriterte ordinære byggeprosjekt fram til fullført forprosjekt.
Rapport
I 2022 vart midlane brukte til vidare prosjektering av nytt Oslo fengsel, Bergen tinghus, samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet og byggetrinn 2 for nytt regjeringskvartal.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 376 mill. kroner til vidare prosjektering av byggetrinn 2 for nytt regjeringskvartal og 53 mill. kroner til vidare prosjektering av samlokalisering av Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i Bergen. I tillegg blir det foreslått 10 mill. kroner til prosjektering av det samiske museet RiddoDouttarMuseat.
Samla blir det foreslått å løyve 439 mill. kroner.
Post 31 Igangsetjing av ordinære byggeprosjekt, kan overførast
Posten dekker utgifter til oppstart av nye byggeprosjekt innanfor husleigeordninga.
I 2022 vart det løyva midlar til oppstart av Blått bygg ved Nord Universitet, 22. juli-senteret og samlokalisert nybygg for Det samiske nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. I 2023 vart det løyvd midlar til å utvide Ullersmo fengsel.
Det blir foreslått å løyve 100 mill. kroner til oppstart av rehabilitering av Bergen tinghus. Prosjektet er venta ferdig i 2027, innanfor ei kostnadsramme på 1 180 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2024.
Post 32 Prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt på oppdrag frå departementa. Kommunal- og distriktsdepartementet har i eige rundskriv utarbeidd retningslinjer for gjennomføring av brukarfinansierte byggeprosjekt. Det blir foreslått å løyve 277 mill. kroner.
Post 33 Vidareføring av ordinære byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til vidareføring av byggeprosjekt som Stortinget tidlegare har vedtatt å starte opp. Midlane skal sikre optimal framdrift i pågåande prosjekt.
Rapport
I 2022 vart det brukt 4 016 mill. kroner på posten. Dei største prosjekta var nytt regjeringskvartal byggetrinn 1, energiløysing for nytt regjeringskvartal, rehabilitering av tekniske anlegg ved Ila fengsel, fagskulen for brann- og redningspersonell og fjellanlegg for Nasjonalbiblioteket i Rana. I tillegg vart midlane brukte til prosjekter i avslutningsfase som mellom anna nybygg for Nasjonalmuseet og nytt museumsbygg for Saemien Sijte på Snåsa. Nytt sikringsmagasin for Nasjonalbiblioteket i Rana vart ferdigstilt i 2022 og rehabilitering av tekniske anlegg ved Ila fengsel vart ferdigstilt i 2023.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Tabellen nedanfor viser prosjekt på kap. 2445 Statsbygg som er under bygging i 2024:
Tabell 5.4 Ordinære byggeprosjekt – vidareføring
(i mill. kroner) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Oppstart | Avtalt ferdigstilling | Kostnads- ramme per 1.7.20241 | Forventa forbruk t.o.m. 2023 | Forslag 2024 | |
Bygg under Kommunal- og distriktsdepartementet: | |||||
Energiløysing for nytt regjeringskvartal | 2019 | 2025 | 3 211,0 | 1 780 | 191 |
Nytt regjeringskvartal, byggetrinn 1 | 2021 | 2025/2026 | 23 971,5 | 10 882 | 4 447,6 |
Bygg under Justis- og beredskapsdepartementet: | |||||
Fagskule for brann- og redningspersonell | 2021 | 2024 | 746,0 | 622 | 36 |
Oslo fengsel, avdeling Ullersmo | 2023 | 2026 | 642,7 | 69 | 211 |
Bygg under Kunnskapsdepartementet: | |||||
Blått bygg ved Nord universitet | 2022 | 2025 | 638,8 | 385 | 123 |
22. juli-senteret | 2022 | 2025 | 541,9 | 143 | 174,7 |
Bygg under Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet: | |||||
Samlokalisert nybygg for Det samiske nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino | 2022 | 2024 | 536,5 | 405 | 85 |
Prosjekt i reklamasjonsfasen/avslutningsfasen | 37,9 | ||||
Samla forslag post 33 | 5 306,1 |
1 Kostnadsrammene er eksklusive midlar til kunstnarisk utsmykking, jf. kap. 530, post 36.
Statsbygg kan fordele midlane på posten mellom dei ulike prosjekta, avhengig av framdrift og likviditetsbehov for det enkelte prosjekt i 2024. Under programkategori 13.00, mål 3 Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal, er det gitt ei nærare omtale av prosjekt nytt regjeringskvartal.
Det blir foreslått å løyve 5 306,1 mill. kroner.
Post 34 Vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt. I 2022 var 28 prosjekt i byggefase, og sju av desse vart ferdigstilte. Prosjekta vart ferdigstilte til avtalt tid. Prosjekta vart ferdigstilte innanfor eller under styringsramma, med unntak av to prosjekt. I brukarfinansierte byggeprosjekt forpliktar Statsbygg seg til ei husleige basert på styringsrammene (P50) for prosjekta. Sju prosjekt er venta ferdigstilte i 2023. Dei største prosjekta i 2024 er ny energisentral ved Universitetet i Stavanger, automatlager og lydlaboratoriet ved Nasjonalbiblioteket i Rana og bygg for fakultet for helse- og sosialvitskap ved NTNU.
Det blir foreslått å løyve 850 mill. kroner.
Post 39 Renter på byggelån, kan overførast
I tråd med ny økonomimodell for Statsbygg blir byggelånsrenter på investeringspostane 30–34 aktiverte i balansen til Statsbygg.
Det blir foreslått å løyve 667 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker utstyr på eigedomane Statsbygg forvaltar, inkludert utbetringar, utskiftingar og installering av tekniske anlegg.
Rapport
Løyvinga for 2022 vart brukt til innkjøp som skal aktiverast i balansen og avskrivast. Dette gjeld investeringar i IKT og større utstyr til administrasjonen til Statsbygg og til drift av eigedomane. I tillegg vart det brukt midlar til bygningsmessige utskiftingar og utbetringar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I 2024 blir det foreslått å bruke 153 mill. kroner til innkjøp av utstyr og installering av tekniske anlegg på eigedomar som Statsbygg forvaltar, og 200 mill. kroner til bygningsmessige utskiftingar og utbetringar.
Samla blir det foreslått å løyve 353 mill. kroner.
Post 49 Kjøp av eigedomar, kan overførast
Løyvinga dekker kjøp av eigedomar og tomter til bruk i aktuelle byggeprosjekt.
I 2022 vart det mellom anna kjøpt eigedom til nytt regjeringskvartal (Møllergata 15), Nord Universitet (Kudalsveien 4) og kjøp av bustader i Longyearbyen.
I 2023 er det planlagt kjøp av mellom anna Oslo hovudbrannstasjon og Grubbegata 4-6 til nytt regjeringskvartal og to bygg til brannskulen i Tjeldsund, tomt til ungdomsheim i Bodø (Skoleveien 9), embetsbustad i Ottawa i Canada og bustader i Longyearbyen.
Det blir foreslått å løyve 77 mill. kroner.
Tabell 5.5 Balansen til Statsbygg
(i 1000 kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Overslag 2023 | Overslag 2024 | |
Eigedelar: | ||||
Anleggsmiddel | ||||
Driftsmidlar, eigedomar | 53 236 337 | 57 645 901 | 64 777 254 | 71 558 893 |
Aksjar, andelar | 30 | 30 | 30 | 30 |
Utlån og obligasjonar | 103 222 | 102 350 | 102 350 | 102 350 |
Sum anleggsmiddel | 53 339 588 | 57 748 281 | 64 879 634 | 71 661 273 |
Omløpsmiddel | ||||
Kortsiktige fordringar | 42 623 | 34 184 | 38 404 | 36 294 |
Sum omløpsmiddel | 42 623 | 34 184 | 38 404 | 36 294 |
Sum eigedelar | 53 382 212 | 57 782 465 | 64 918 037 | 71 697 567 |
Eigenkapital og gjeld: | ||||
Eigenkapital | ||||
Eigenkapital, ekskl. reguleringsfond | ||||
Reguleringsfond | 1 546 850 | 994 165 | 994 165 | 994 165 |
Sum eigenkapital | 1 546 850 | 994 165 | 994 165 | 994 165 |
Langsiktig gjeld | ||||
Staten si renteberande gjeld | 53 339 588 | 57 748 281 | 64 731 722 | 71 587 317 |
Anna langsiktig gjeld | ||||
Sum langsiktig gjeld | 53 339 588 | 57 748 281 | 64 731 722 | 71 587 317 |
Kortsiktig gjeld | ||||
Kortsiktig gjeld | 86 118 | 76 693 | 81 405 | 79 049 |
Mellomverande med statskassa | -1 590 344 | -1 036 674 | -889 255 | -962 964 |
Sum kortsiktig gjeld | -1 504 226 | -959 981 | -807 849 | -883 915 |
Sum eigenkapital og gjeld | 53 382 212 | 57 782 465 | 64 918 037 | 71 697 567 |
Kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
40 | Salsinntekter | 2 098 | ||
Sum kap. 5446 | 2 098 |
Post 40 Salsinntekter
På posten førast inntekter frå sal av gjenståande statlege areal på Fornebu. Gjenståande eigedomar vart selde i 2022.
Det blir ikkje foreslått løyving i 2024.
Kap. 5447 Sal av eigedom utanfor statens forvaltningsbedrifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
40 | Salsinntekter | 1 322 996 | ||
Sum kap. 5447 | 1 322 996 |
Post 40 Salsinntekter
Staten eigde to eigedomar på Adamstuen i Oslo som vart frigjorde etter at byggeprosjektet på Campus Ås vart ferdigstilt, jf. kap. 530, post 34. Den nordlege eigedomen var balanseført hos Statsbygg og inngjekk i forretningsdrifta til staten. Den sørlege eigedomen var forvalta av NMBU og Veterinærinstituttet og er utanfor forretningsdrifta til staten. Sala vart gjennomført i 2021 og 2022.
Det blir ikkje foreslått løyving i 2024.
Programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk
Utgifter under programkategori 13.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
540 | Digitaliseringsdirektoratet | 1 037 570 | 966 666 | 1 079 374 | 11,7 |
541 | IT- og ekompolitikk | 516 822 | 547 427 | 450 863 | -17,6 |
542 | Internasjonalt samarbeid | 219 330 | 361 748 | 481 882 | 33,2 |
543 | Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | 440 185 | 453 211 | 475 543 | 4,9 |
Sum kategori 13.40 | 2 213 907 | 2 329 052 | 2 487 662 | 6,8 |
Inntekter under programkategori 13.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3540 | Digitaliseringsdirektoratet | 308 743 | 329 485 | 318 785 | -3,2 |
3542 | Internasjonalt samarbeid | 2 771 | 2 713 | 3 541 | 30,5 |
3543 | Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | 308 | 609 709 | 583 922 | -4,2 |
5570 | Sektoravgifter under Kommunal- og distriktsdepartementet | 253 440 | 262 613 | 281 165 | 7,1 |
Sum kategori 13.40 | 565 262 | 1 204 520 | 1 187 413 | -1,4 |
Innleiing
Kommunal- og distriktsdepartementet har koordineringsansvaret for forvaltningspolitikken, regjeringa sin IT-politikk og sektoransvaret for elektronisk kommunikasjon.
Føremålet med forvaltningspolitikken er å fastsetje felles rammer for korleis forvaltninga bør arbeide og vere organisert. Dette skal gi innbyggarane rettstryggleik, bidra til at avgjerder er fagleg baserte, vareta demokratiske verdiar og fremje effektiv bruk av ressursane. Kommunal- og distriktsdepartementet har ei rolle som pådrivar og tilretteleggar for ei open og samordna forvaltning som har høg tillit i befolkninga. Kvar enkelt sektor, departement og underliggande verksemd har eit sjølvstendig ansvar for å organisere seg og arbeide slik at dei politiske måla blir nådd.
Føremålet med IT-politikken er å utvikle rammevilkår som understøtter digitaliseringa i sektorane, på tvers av sektorar og samfunnet som heilskap. Kommunal- og distriktsdepartementet har eit koordineringsansvar som mellom anna inneber å identifisere utfordringar på tvers av sektorar og å initiere, koordinere og følgje opp tverrgåande tiltak, irekna utvikling av strategiar og handlingsplanar. Departementet har òg eit særskilt ansvar for å arbeide for ei styrka og meir heilskapleg tilnærming til informasjonssikkerheit i forvaltninga. Digitalisering gir nye moglegheiter, men skaper òg nye sårbarheiter som gjer at arbeid med informasjonssikkerheit, inkludert digital sikkerheit, blir særleg viktig. Digitaliseringa av samfunnet skal skje på ein berekraftig og inkluderande måte, slik at flest mogleg blir inkludert i det digitale samfunnet. Den skal òg bidra til forenkling og effektivisering i både offentleg og privat sektor. Samstundes er det viktig å hindre at digitaliseringa bidrar til ei utvikling som sentraliserer oppgåver og arbeidsprosessar, svekker personvern eller forbrukarvern, aukar sårbarheita for digitale angrep, svekker konkurransen i dei digitale marknadene eller forsterkar digitale utanforskap. Digitaliseringa skal bidra til gode tenester, valfridom og medverking for innbyggarar gjennom meir brukarvenlege og samanhengande digitale tenester. Digitaliseringa skal òg understøtte ein sterk og effektiv offentleg sektor, og auke konkurranseevna og verdiskapinga i næringslivet. Staten og kommunane skal legge til rette for at digitaliseringa forenklar bedriftene sine administrative byrder.
Føremålet med ekompolitikken er å legge til rette for eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet. Høghastigheits breibandnett og mobilnett med god kapasitet, er viktig for innbyggarar, næringsliv, forvaltning og kritiske samfunnsfunksjonar. Slike nett er ein føresetnad for oppgåveutføring, verdiskaping, innovasjon og samfunnssikkerheit på tvers av sektorar. Høg sikkerheit og beredskap i netta og tenestene, er òg ein føresetnad for at potensialet for digitalisering skal kunne utnyttast.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Digitaliseringsdirektoratet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Staten eig òg 100 pst. av aksjane i Norid AS, som mellom anna forvaltar det norske toppnivådomenet .no. Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar staten sitt eigarskap i selskapet.
Departementet har vidare ansvaret for den faglege styringa av den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten, organisering og innkjøpspolitikken, mellom anna gjennom Statens innkjøpssenter i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Finansdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av DFØ. Den statlege arbeidsgivarpolitikken er nærare omtalt under programkategori 13.00. Kommunal- og distriktsdepartementet har det statlege oppfølgingsansvaret for stiftinga Design og arkitektur Norge (DOGA), sjå òg omtale under programkategori 13.90.
Mål for programkategorien
Forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga
Digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor
Eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet
Mål 1 Forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga
Forvaltninga skal tilby gode og effektive offentlege tenester, vere open og ha høg tillit i befolkninga. Mindre administrasjon og detaljstyring skal gi dei tilsette meir fridom og innbyggarane betre velferdstenester. Offentleg sektor skal vere sterk, og eigen kompetanse skal utviklast framfor å bruke konsulentar. Utviklinga av offentleg forvaltning skal forankrast i sentrale verdiar som demokrati, rettstryggleik, fagleg integritet og effektivitet. Sjå nærare omtale i del I pkt. 1.3 og omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under målet under kap. 500, 540, 541 og 542.
Kommunal- og distriktsministeren har ansvar for å koordinere regjeringa sitt arbeid med berekraftsmåla nasjonalt. Ein samla rapport om arbeidet i 2022 finn ein som eit digitalt vedlegg til denne budsjettproposisjonen. Kommunal- og distriktsministeren leiar Toppleiarforum for berekraftsmåla. Toppleiarforum er eit forum for utvikling av eit felles kunnskapsgrunnlag, deling av beste praksis og drøfting av målkonfliktar, interessemotsetnader og dilemma.
Mål 2 Digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor
Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggarane gode tenester, valfridom og medråderett. Offentleg sektor skal vere effektiv, og gjennom digitalisering er målet å tilby forbetra offentlege tenester, fremje innovasjon og verdiskaping i næringslivet og sikre ein berekraftig og inkluderande samfunnsutvikling. IT-politikken grip på tvers av samfunnssektorane og ei viktig oppgåve er samordning av politikken.
Regjeringa vil følgje opp handlingsplanen for auka deltaking i eit digitalt samfunn som vart lagt fram våren 2023 og skal bidra til å styrkje digital deltaking og auka digital kompetanse i befolkninga, i takt med utviklinga i digitaliseringa av samfunnet.
Regjeringa skal legge fram ein heilskapleg nasjonal digitaliseringsstrategi på tvers av ulike sektorar, der målet er å legge til rette for arbeidsplassar, verdiskaping og betre offentlege tenester i heile landet.
Digitale fellesløysingar i forvaltninga speler ei avgjerande rolle i utviklinga av nye digitale tenester. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Digitaliseringsdirektoratet sitt arbeid med forsvarleg drift, sikring og forvaltning av fellesløysingane.
For å styrkje informasjonssikkerheiten i kommunane, jobbar Kommunal- og distriktsdepartementet med å få etablert eit eige responsmiljø for kommunesektoren – KommuneCERT.
Sjå nærare omtale i del I pkt. 1.4 og omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under målet under kap. 540, 541 og 542.
Mål 3 Eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet
Regjeringa ser store moglegheiter i digitalisering og ny teknologi. Grunnleggande digital infrastruktur, som mobil- og breibandnett og datasenter med høg kvalitet og sikkerheit, er ein føresetnad for digitalisering og avgjerande for å bygge landet vidare i framtida. Det er viktig at alle kan delta i den digitale utviklinga.
Dei viktigaste linjene i norsk ekompolitikk skal ligge fast. Regjeringa vil vidareføre den marknadsbaserte tilnærminga til utbygging av nett og tenester og prinsippa om forsvarleg sikkerheit, minimumsregulering, teknologinøytralitet og effektiv marknadsregulering. Det er i hovudsak marknadsaktørane som skal finansiere vidare utbygging, og regjeringa vil legge til rette for dette.
Samstundes har utbygginga i Noreg kome så langt at det er mange av dei dyraste områda som står igjen å bygge ut. Dette er ofte område utan kommersielt grunnlag for investeringar. Regjeringa vil at staten skal ta eit større ansvar for utbygging av høghastigheits breiband til husstandar og verksemder i slike områder, og foreslår å auke løyvinga til dette. Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder i Noreg skal ha tilbod om høghastigheits breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit innan utgangen av 2025.
Når alle blir meir avhengige av nett med høg kvalitet, er òg høg sikkerheit og beredskap avgjerande for tryggleik for folk og verksemder i heile landet. Regjeringa foreslår derfor òg i 2024 å bruke midlar på sikkerheit og beredskap i nett og tenester.
Sjå nærare omtale i del I pkt. 1.4 og omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under målet under kap. 541 og 543.
Berekraftsmåla
Innanfor området forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk bidrar Kommunal- og distriktsdepartementet til berekraftsmåla på ei rekke område. Deling og bruk av data gjer det mogleg å skape nye verdiar og meir effektive løysingar (mål 8 om økonomisk vekst). Utbygging av mobil- og breibandnetta i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for det, betrar føresetnadene for innovasjon (mål 9 om infrastruktur og innovasjon), reduserer det digitale gapet og skaper meir likeverdige tilbod over heile landet (mål 10 om å redusere ulikskap). God informasjonssikkerheit og personvern er føresetnader for tillit. eID gjer at alle kan bevise den juridiske identiteten sin, eInnsyn gjer det mogleg å følge offentleg saksbehandling og sjølvbeteningsløysingar aukar effektiviteten i offentleg sektor (mål 16 om velfungerande institusjonar).
Kap. 540 Digitaliseringsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 137 079 | 150 766 | 159 610 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 60 613 | 12 683 | 11 370 |
22 | Bruk av nasjonale fellesløysingar | 158 038 | 191 200 | 179 000 |
23 | Utvikling og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, kan overførast | 340 315 | 319 870 | 422 308 |
25 | Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt, kan overførast | 164 622 | 123 980 | 136 329 |
26 | Stimulab, kan overførast | 13 967 | 4 925 | 5 202 |
27 | Tilsyn for universell utforming av ikt, kan overførast | 26 712 | 26 375 | 19 133 |
29 | Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn, kan overførast | 135 365 | 136 000 | 137 500 |
71 | IT-tilskot | 859 | 867 | 8 922 |
Sum kap. 540 | 1 037 570 | 966 666 | 1 079 374 |
Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for effektiv og samordna digitalisering av offentleg sektor og av samfunnet elles, og mellom anna bidra til digitalisering i næringslivet. Digitaliseringsdirektoratet skal, i nært samarbeid med andre aktørar både i offentleg og privat sektor, realisere regjeringa sine ambisjonar og mål for digitaliseringa av samfunnet. Eit sentralt mål er å skape samanhengande offentlege digitale tenester i verdsklasse som er tilgjengelege for alle. Digitaliseringsdirektoratet har staten og kommunane, næringsdrivande, frivillig sektor og innbyggarane som målgrupper.
Direktoratet skal bidra til samordna digitalisering gjennom å utøve sine fire roller som premissgivar, iverksettar, leverandør av fellesløysingar og tilsyn for universell utforming av ikt. Som premissgivar skal Digitaliseringsdirektoratet vere pådrivar, ha kunnskap, delta i internasjonalt samarbeid og gi råd som fremjar digitalisering, mellom anna offentleg sektor sitt arbeid med utvikling av samanhengande tenester, felles økosystem, deling av data og førebyggande informasjonssikkerheit. Som iverksettar skal direktoratet vere ein pådrivar for auka digitalisering og innovasjon, og betre informasjonssikkerheit i forvaltninga. Digitaliseringsdirektoratet er sekretariat for Digitaliseringsrådet og forvaltar òg finansielle verkemiddel som skal bidra til auka digitalisering og innovasjon i forvaltninga, som medfinansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt og Stimulab.
Som leverandør arbeider Digitaliseringsdirektoratet med å vidareutvikle og utbreie fellesløysingar som Altinn og ID-porten, og å skape nye verdiar og digitale tenester med høg tillit. Oppgåver knytte til tilsynsrolla for universell utforming av ikt skal utøvast uavhengig av direktoratet sine andre oppgåver.
Digitaliseringsdirektoratet skal støtte opp om målet om at forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga og målet om at digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter.
Rapport
Ein god digital grunnmur i form av fellesløysingar og register er ein føresetnad for å kunne tilby og utvikle gode digitale løysingar raskt og kostnadseffektivt.
Bruken av Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar er meir enn tidobla sidan 2016 og auka eksplosivt under pandemien. Utviklinga stabiliserte seg noko i 2022, men årleg koplar mellom 1 000 og 2 000 nye offentlege digitale tenester seg på Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar, ein auke på 28 pst. frå 2021 til 2022, frå 9 257 til 11 846 tenester. Bruken av ID-porten viser ein forventa liten nedgang på 10 pst. frå rekordåret 2021 til 286 millionar innloggingar i 2022. Det er ein liten nedgang på 6 pst. i bruk av Kontakt- og reservasjonsregisteret i same periode til noko over 2 milliardar oppslag i 2022. Altinn formidla over 92 millionar sendingar for offentlege og private aktørar, noko som er ein nedgang på 3 pst. frå 2021. Bruken av eSignering auka 49 pst. Det vart gjennomført 2,4 millionar signeringar i 2022.
Digitaliseringsdirektoratet jobbar med å modernisere løysingane for å sikre nødvendig kapasitet og sikkerheiten i dei digitale tenestene i offentleg sektor. Direktoratet har gjennomført eit større moderniseringsarbeid av den tekniske infrastrukturen for ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Maskinporten. Digitaliseringsdirektoratet leiar òg eit omfattande og samfunnskritisk moderniseringsarbeid for å sikre overgangen frå dagens Altinn-løysning til Altinn 3.
Informasjonssikkerheit og personvern er ein føresetnad for å bygge tillit til digitaliseringa av samfunnet. Digitale angrep mot nasjonale fellesløysingar er ein alvorleg sikkerheitsrisiko, og internasjonale hendingar påverkar stadig det digitale trusselbildet betydeleg. I 2022 gjorde internasjonale hendingar at sikkerheitssituasjonen vart skjerpa òg for Digitaliseringsdirektoratet gjennom fleire cyberangrep mot digitale løysingar. Hendingar innan informasjonssikkerheit kan òg kome av uhell, aktløyse eller naturhendingar. Våren 2023 opplevde fleire offentlege verksemder hendingar som syner viktigheita av å arbeide systematisk med heile informasjonssikkerheitsområdet. Gjennom 2022 og i 2023 fortsette derfor direktoratet å prioritere innsatsen for å styrkje forvaltninga si evne til å arbeide systematisk med informasjonssikkerheit. Direktoratet er pådrivar for at ulike rettleiingsaktørar samarbeider og samordnar arbeidet sitt for å gjere det enklare for kommunar og statlege verksemder å lykkast. Gjennom ulike prosjekt vil direktoratet søkje å løyse fleire av utfordringane forvaltninga har med informasjonssikkerheit.
Eit av dei viktigaste tiltaka i den gjeldande digitaliseringsstrategien «En digital offentlig sektor» handlar om å etablere samanhengande tenester innanfor sju prioriterte livshendingar. Digitaliseringsdirektoratet er ein pådrivar for arbeidet med livshendingar og andre samanhengande tenester. Eit tverrfagleg koordineringsteam rundt mottak av flyktningar frå Ukraina bidrog til at alle flyktningar har moglegheit til å bruke ID-porten som inngang til digitale tenester frå det offentlege. For livshendinga dødsfall og arv som Digitaliseringsdirektoratet har ansvaret for var endringa i arvelova ein viktig milepåle for løysinga digitalt dødsbu. Pågåande tiltak er til dømes digital gravferdsmelding, oppgjer etter dødsfall og digitalt dødsbu.
Nasjonal strategi for eID i offentlig sektor vart lansert i april 2023. Strategien slår fast at tilgang til ein eID som kan brukast for å nå offentlege tenester og gode løysingar for fullmakt og representasjon for dei som ikkje kan eller vil bruke digitale tenester sjølv, er viktig for å redusere digitalt utanforskap. Digitaliseringsdirektoratet har saman med departementet gitt ut ein rettleiar for bruk av eID i jobbsamanheng i offentleg sektor.
Deling og bruk av data er avgjerande for å skape verdiar og oppnå samanhengande tenester for brukarane. I 2022 har Digitaliseringsdirektoratet hatt fokus på å spreie kunnskap om juridiske, teknologiske og forretningsmessige forhold rundt datadeling. Saman med samarbeidspartnarar har direktoratet gjennom løysingar og samhandlingsarenaer lagt til rette for auka deling og gjenbruk av data. Auka tilgang til data er nødvendig for å hente ut effektar og nytta av ny teknologi i framtida.
I 2022 har Digitaliseringsdirektoratet følgt opp norsk deltaking i EUs rammeprogram for digitalisering, DIGITAL, og deltatt i ei rekke internasjonale aktivitetar i Norden og Baltikum. Digitaliseringsdirektoratet jobba òg med mobilisering av norske verksemder til deltaking i DIGITAL-programmet.
Eit utvida regelverk for universell utforming av ikt og ein kraftig auke i behovet for rettleiing pregar arbeidet til tilsynet for universell utforming av ikt. Som følgje av webdirektivet, som vart innført i norsk rett i 2022 og gjeld frå 1. februar 2023, aukar kravet til talet tilsyn vesentleg i åra framover. Derfor jobbar tilsynet med å digitalisere arbeidsprosessar for å kunne gjennomføre databaserte kontroller. Løysinga for tilgjengelegheitserklæring er ein del av dette arbeidet. I 2022 rulla tilsynet ut ei ny tilgjengelegheitserklæring for nettstader til 2 752 offentlege verksemder, som auka behovet for informasjon og rettleiing frå tilsynet betydeleg.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Digitaliseringsdirektoratet skal vidareutvikle rolla som fagdirektorat for å ha kunnskap og oversikt over tilstanden for digitale tenester i forvaltninga. Direktoratet skal fremje tiltak for å dekke felles behov og utfordringar i offentleg forvaltning på ein effektiv måte.
Direktoratet skal sørgje for at digitale fellesløysingar blir drifta, forvalta og vidareutvikla på ein berekraftig og forsvarleg måte. Ein viktig del av dette er å arbeide for at offentlege verksemder brukar fellesløysingane når dei utviklar digitale tenester.
Direktoratet har ei viktig rolle i utarbeiding og oppfølging av ny nasjonal digitaliseringsstrategi.
Digitaliseringsdirektoratet skal følgje opp tiltaka i ny strategi for eID i offentleg sektor og jobbe aktivt for å nå målet om at alle må ha moglegheit til å skaffe seg ein eID på det sikkerheitsnivået dei har behov for.
Digitaliseringsdirektoratet vil frå 1. januar 2024 overta ansvaret for å forvalte tilskot til hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller lav kompetanse, sjå nærare omtale under kap. 540, post 71. Det vil i denne samanhengen bli overført eit årsverk frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Digitaliseringsdirektoratet. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 500, post 01.
Midlar til drift og forvaltning av tilsyn for universell utforming av ikt løyvast på post 27. Da posten vart oppretta i 2022, vart ikkje lønskompensasjon overført til posten. For å kompensere for det, blir det foreslått å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på post 27.
Det blir foreslått å løyve 159,6 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3540, post 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til Digitaliseringsdirektoratet sine utviklingsoppgåver og it-prosjekt, og nyutvikling knytt til nasjonale fellesløysingar.
For rapportering sjå omtale under kap. 540, post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Regjeringa har vedtatt å avvikle Startoff-programmet for å prioritere andre satsingar. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 2 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 11,4 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3540, post 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 22 Bruk av nasjonale fellesløysingar
Løyvinga dekker utgifter for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå skrive ut av private leverandørar, og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå ved sending av SMS. På vegne av offentlege verksemder har Digitaliseringsdirektoratet inngått avtale med fleire private leverandørar. Forslaget til løyving er basert på forventa volum for bruk hos verksemdene som brukar ID-porten.
Løyvinga dekker òg utgifter for bruk av Digital postkasse til innbyggarar der det er inngått avtale med fleire private leverandørar, og kostnader for innlogging til postkassene via ID-porten og kostnader knytte til oppstart og signatur til tenesta for signering. Desse kostnadene blir dei enkelte verksemdene fakturert for, jf. kap. 3540, post 05. Det er usikkerheit knytt til løyvingsanslaget.
Løyvinga skal vere tilpassa faktisk bruk av løysingane i forvaltninga og gjeldande rammevilkår frå underleverandørar.
For rapportering sjå omtale under kap. 540, post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 179 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3540, post 05, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 23 Utvikling og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, kan overførast
Løyvinga dekker utvikling, forvaltning og drift av dei nasjonale fellesløysingane ID-porten, Digital postkasse til innbyggarar, Kontakt- og reservasjonsregisteret, eSignering, eFormidling, ELMA, eInnsyn, Altinn og data.norge.no. I tillegg budsjetterast utgifter til drift, forvaltning og utvikling av Maskinporten. Utgifter til utbreiing av eInnsyn, i kommunar og fylkeskommunar, og Maskinporten skulle dekkast av dei verksemdene som tar fellesløysingane i bruk. På grunn av usikkerheit med omsyn til meirverdiavgift og framtidige finansieringsmodellar må løysingane delvis sentralfinansierast.
Vidare dekker løyvinga nødvendige tilpassingar som følgje av samarbeid med EU og nordisk-baltisk samarbeid. Løyvinga dekker òg deler av arbeidet med strategi og samordning av nasjonale fellesløysingar slik at dei blir forvalta og vidareutvikla på ein heilskapleg måte.
Som ein del av oppgåvene med å drifte, forvalte og utvikle løysingane, utfører Digitaliseringsdirektoratet enkelte oppdrag knytt til utvikling av særskild funksjonalitet og tilleggstenester som er etterspurd av kundar og tenesteeigarar. Desse kostnadene blir fakturert vidare. Føring av inntekta skjer på kap. 3540, post 03.
For rapportering sjå omtale under kap. 540, post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Fellesløysingane har ein sentral plass i tenesteproduksjonen i offentleg sektor og den digitale samhandlinga med innbyggarar og næringsliv. Dette er tenester som er heilt sentrale for å vareta den samfunnsstrukturen vi har i Noreg. Trusselsituasjonen er betydeleg og aktiviteten frå profesjonelle trusselaktørar er aukande. Det er viktig at fellesløysingane har tilstrekkeleg kapasitet til å dekke ikkje berre ein normal situasjon, men òg krisesituasjonar. Fellesløysingane må òg vidareutviklast slik at dei dekker endra regulatoriske føresetnader og nye behov.
Arbeid med å utvikle ei ny plattform (Altinn 3) som skal erstatte Altinn II vart starta i 2018. Prosjektet vart overført frå Brønnøysundregistera til Digitaliseringsdirektoratet 1. januar 2020. Bakgrunnen for arbeidet med ny plattform er at sentrale produkt i Altinn II er i ferd med å bli utdaterte, Altinn II innfrir ikkje krav til universell utforming og det er behov for å modernisere og auke sikkerheiten i løysinga, mellom anna for å gi større fleksibilitet ved å etablere frittståande og uavhengige produkt.
Våren 2023 vart det etablert eit tverretatleg program under leiing av Digitaliseringsdirektoratet og med dei største tenesteeigarane på Altinn-plattforma; Brønnøysundregistera, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå (SSB). Programmet Nye Altinn skal utvikle Altinn 3 i Digitaliseringsdirektoratet og reetablere Brønnøysundregistera, SSB og Skatteetaten sine digitale tenester på den nye plattforma. Programmet skal òg bidra til å koordinere overgangen til Altinn 3 for alle tenesteeigarane som ikkje er med i programmet. Programmet skal etter planen vare til juni 2026. Våren 2023 vart programmet kvalitetssikra i samsvar med Statens prosjektmodell. Verksemdene vil hausten 2023 oppdatere og forbetre programmet sine planar i tråd med vurderingane frå ekstern kvalitetssikrar. Det er nødvendig å fortsette den eksterne kvalitetssikringa vinteren 2023/2024. Regjeringa tar sikte på å kome tilbake til Stortinget med ei nærare orientering om status for arbeidet med Altinn 3 i statsbudsjettet for 2025.
Fleire tenesteigarar har tatt Altinn 3 i bruk allereie. Samstundes står det att mykje utvikling på plattforma og eit stort tal digitale tenester som skal flyttast frå Altinn II til Altinn 3. Det er 29 tenesteeigarar som skal reetablere om lag 350 tenester og 520 skjema på den nye plattforma.
Arbeidet med å reetablere tenestene på den nye plattforma er krevjande mellom anna fordi det er svært stramme fristar, mange må jobbe saman og i parallell og alle tenester på Altinn II må vere reetablert på Altinn 3 innan juni 2026. Det krevst derfor god styring og oppfølging av programmet. Det er derfor viktig at verksemdene held fram arbeidet med modernisering av Altinn 3 og flytting av tenester i 2024.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å løyve 200 mill. kroner til arbeidet med Altinn 3 i 2024. Løyvinga blir fordelt med 78,5 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratet på kap. 540, post 23, 90 mill. kroner til Skatteetaten på kap. 1618, post 22, 21,5 mill. kroner til Brønnøysundregistera på kap. 904, post 21 og 10 mill. kroner til SSB på kap. 1620, post 01. Denne fordelinga vil ved eventuelt behov bli foreslått justert i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.
Direktoratet har gjennomført eit større moderniseringsarbeid av den tekniske infrastrukturen for dei digitale fellesløysingane ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Maskinporten. I denne samanhengen er det mellom anna auka merksemd på å styrkje arbeidet med forsvarleg drift, sikring og forvaltning av fellesløysingane i Digitaliseringsdirektoratet. På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 4,4 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å løyve 422,3 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3540, post 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 25 Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt, kan overførast
Rapport
Medfinansieringsordninga har sidan oppstarten i 2016 bidratt til å setje i gang 89 tiltak med samla prosjektkostnader på over 2 mrd. kroner. Prosjekta i perioden 2016–2023 oppgir samla netto gevinstar i offentleg sektor på over 1,3 mrd. kroner per år. Dette fordeler seg på statleg sektor med 347,5 mill. kroner per år og kommunal sektor med 909,1 mill. kroner per år.
I 2022 fekk 8 prosjekt tilsegn frå medfinansieringsordninga, med ei samla tilsegnsramme på 128,1 mill. kroner. I 2023 har 8 prosjekt fått tilsegn om til saman 132,5 mill. kroner i medfinansiering. Desse prosjekta har ein berekna netto noverdi på 1,4 mrd. kroner over 10 år, med vesentlege gevinstar hos innbyggarar og næringsliv. Mogleg innsparingspotensial i offentleg sektor er berekna til om lag 82,9 mill. kroner per år. Av dette er 70,9 mill. kroner i kommunesektoren.
I nye retningslinjer av 2023 kan det søkast om medfinansiering til digitaliseringstiltak med ei kostnadsramme på mellom 10 og 100 mill. kroner, og maksimal del for medfinansiering er 50 pst. Ordninga inneber at verksemder som mottar midlar, skal tilbakebetale 50 pst. av netto verksemdsinterne gevinstar gjennom budsjettreduksjon. Det krevst òg at andre statlege verksemder som får vesentlege gevinstar, godtar å realisere 50 pst. av netto gevinstane gjennom budsjettreduksjon.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Digitaliseringsdirektoratet skal forvalte medfinansieringsordninga i samsvar med retningslinjene for ordninga.
Det blir foreslått å løyve 136,3 mill. kroner.
Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 131,2 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Løyvinga og tilsegnsfullmakta gir ei tilsegnsramme på 140,6 mill. kroner.
Post 26 Stimulab, kan overførast
Stimulab – ei stimuleringsordning for designdrevet innovasjon i offentleg sektor – skal stimulere til meir og betre brukarorientert innovasjon i offentleg sektor. Brukarorientert designtenking kan betre samordning og føre til betre relevans og treffsikkerheit av tiltak, og dermed òg meir effektivitet i stat og kommune. Ordninga er retta inn mot å auke innovasjonskompetanse og -erfaring i offentlege verksemder, gjennom støtte og fagleg rettleiing til enkeltprosjekt. Ordninga brukar ei verktøykasse av innovative metodar med design som utgangspunkt som mellom anna eignar seg for å løyse komplekse og tverrgåande problemstillingar. Ordninga skal òg spreie kunnskap og erfaringar og utvikle kunnskap om brukarorientert innovasjon i offentleg sektor.
Tilskotsregelverket for Stimulab omfattar mellom anna tildelingskriterium. Prosjektet skal ha tydeleg brukarfokus og innovasjonspotensial, gjennomføringsevne og klar leiarforankring og eigen ressursinnsats, eit tydeleg vinstpotensial for samfunnet saman med lærings- og overføringsverdi til andre verksemder. Søkjarane skal ha eigenfinansiering. Ordninga rettar seg inn mot tidlegfasen i innovasjonsprosessen, og prosjekta må vere opne og ikkje ha ei førehandsavgjort løysing.
Inntil 15 pst. av budsjettet kan brukast til å spreie erfaring og kunnskapsutvikling om brukarorientert innovasjon og samordning i forvaltninga, nasjonalt og internasjonalt.
Rapport
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar Stimulab-ordninga i eit samarbeid med DOGA. Sidan opprettinga i 2016 har i alt 47 prosjekt fått tilskot eller tilsegn om tilskot frå Stimulab (per juni 2023). Per juni 2023 var 34 prosjekt ferdigstilte. Den samla prosjektporteføljen dekker no eit breitt spekter av tema frå ulike offentlege verksemder og styresmaktsområde. For 2023 vart tillitsreforma og tverrgåande utfordringar prioritert i søkjekriteria. Som følgje av redusert løyving vart det i 2023 opna for større grad av eigenfinansiering frå prosjekta. Alle dei fire prosjekta som fekk tildelt midlar frå Stimulab i 2023, bidrar òg med eigne midlar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Generelt skal Stimulab prioritere prosjekt som har forventa samfunnsøkonomisk vinst, òg utover kvart enkelt prosjekt. Som for dei seinaste åra vil prosjekt som krev samarbeid mellom fleire aktørar om problemstillingar som lett «fell mellom fleire stolar», på grunn av sektoransvar, manglande finansiering, samordningsutfordringar eller liknande, bli prioritert.
Fleire moglege prioriteringar for 2024 vil bli valde ut mot slutten av 2023 for søknadsprosess våren 2024.
Det blir foreslått å løyve 5,2 mill. kroner.
Post 27 Tilsyn for universell utforming av ikt, kan overførast
Løyvinga dekker drift og forvalting av tilsyn for universell utforming av ikt.
Rapport
Eit utvida regelverk for universell utforming av ikt (webdirektivet), som vart innført i norsk rett i 2022 og gjeld frå 1. februar 2023, medfører vesentleg auka krav til talet på tilsyn i åra framover. Prosjektet Digitalt datadrive tilsyn (DDT) har sidan 2021 arbeidd for å få på plass ein digital transformasjon av tilsynet. Sentral løysing for tilgjengelegheitserklæringar er utvikla i prosjektet. I 2022 ferdigstilte prosjektet dataplattformløysing for tilsynet. Dataplattforma vil vere kjernen i eit datadrive tilsyn, og gir tilsynet høve til å hente, behandle, lagre, få tilgang til, analysere og presentere data på tvers av ulike system.
Den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæringar for nettstader vart i 2022 rulla ut til meir enn 2 700 offentlege verksemder. Til saman er det produsert meir enn 5 000 tilgjengelegheitserklæringar. Løysinga blir vidareutvikla i 2023, og i løpet av året skal det etter planen òg bli mogleg å opprette tilgjengelegheitserklæringar for mobilapplikasjonar i løysinga.
Tilsynet opplever òg stor auke i behovet for rettleiing. Utrulling av løysing for tilgjengelegheitserklæring og nye krav som kom med oppdateringa av det nasjonale regelverket er langt på veg årsakene til den store auken. Besøk på nettsida til uutilsynet.no auka med 50 pst. samanlikna med 2021.
Tilsynet samarbeider om regelverket både nasjonalt og internasjonalt, og har dialog med fleire instansar om saker knytte til diskriminering. Tilsynet arbeider med å bygge kunnskap om barrierar for ulike brukargrupper og å løfte fram område som krev tiltak.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Tilsynet skal prioritere å føre tilsyn. I tillegg skal tilsynet prioritere rettleiing om synstolking.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,4 mill. kroner til lønskompensasjon mot ein tilsvarande reduksjon på post 01, jf. omtale under post 01.
Tilsynet har i perioden 2021–2023 arbeidd med prosjektet Digitalt datadrive tilsyn (DDT). Årleg løyving til prosjektet har vore 9,5 mill. kroner. Prosjektet blir avvikla frå 2024 og løyvinga blir derfor foreslått redusert med 9,5 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å løyve 19,1 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3540, post 04, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 29 Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til drift og driftsrelatert applikasjonsforvalting knytt til Altinn, utgifter til private leverandørar for SMS-varsling og driftsmessige endringar som den enkelte tenesteeigar har bestilt.
Utgiftene blir fakturert vidare til tenesteeigarane i samsvar med gjeldande fordelingsnøkkel i samarbeidsavtala mellom tenesteeigarane og Digitaliseringsdirektoratet. Inntektene frå tenesteeigarane blir budsjettert på kap. 3540, post 07.
For rapportering, sjå omtale under kap. 540, post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 137,5 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3540, post 07, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 71 IT-tilskot
Standard Noreg
Føremålet er å støtte Standard Noreg sitt arbeid med IT-standardisering, og medverke til kompetanseoverføring mellom Standard Noreg og forvaltninga. Standard Noreg har eigenrett på å fastsetje og gi ut Norsk standard, og på denne bakgrunnen blir enkelståande tilskot brukt med Standard Noreg som tilskotsmottakar i staden for tilskotsordning som verkemiddel.
Digitaliseringsdirektoratet vil gjennom tilskotsbrev stille krav og vilkår for bruken av midlane og rapportering. Standard Noreg rapporterer årleg på bruken av tildelte midlar.
Standard Noreg deltek i Digitaliseringsdirektoratet sitt arkitektur- og standardiseringsråd, der dei særleg har hatt eit internasjonalt perspektiv.
Tilskotet skal mellom anna medverke til å fastsetje og utbreie bruk av standardar og styrkje norsk deltaking i det internasjonale standardiseringsarbeidet på IT-området. Det blir foreslått å løyve 922 000 kroner som tilskot til Standard Norge.
Hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse
Føremålet med ordninga er å bidra til at alle innbyggarar blir gitt høve til å bli digitalt kompetente til å kunne bruke digitale verktøy og tenester frå offentlege og private aktørar. Tilskotsordninga blir foreslått med ei ramme på 8 mill. kroner. Ordninga skal bidra til etablering av varige hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse. Ordninga bygger på strategien Digital heile livet og den tilhøyrande handlingsplanen for auka deltaking i eit digitalt samfunn.
Hovudkriteriet for måloppnåing er kor mange innbyggarar som får opplæring i samsvar med læringsmåla for digital kompetanse i løpet av tilskotsperioden på eitt år.
Kommunar, og frivillige aktørar i samarbeid med kommunen, kan søkje om tilskot til opplæringstilbod. Tilgjengelege midlar vil bli fordelt på grunnlag av mellom anna følgjande vurderingar:
Grunngivinga til søkjaren for behovet for opplæring retta mot innbyggarar med særskilde behov for digital kompetanseheving.
Skildringa og planen til søkjaren for utvikling av tiltaket og korleis det bidreg til rettleiing og opplæringstilbod til innbyggarane.
Skildring av nødvendigheita av innkjøp av relevant utstyr for tilrettelegging av opplæringstilbodet.
Skildring av korleis opplæringstilbod retta mot innbyggarane blir planlagt ført vidare og gjort varig etter gjennomført tiltaksperiode.
I 2022 tildelte departementet 8 mill. kroner i eingongsstøtte til 27 søkjarar i 45 kommunar som ønskjer å heve den digitale kompetansen til innbyggarane.
Tilskotsordninga vil frå 2024 bli forvalta av Digitaliseringsdirektoratet, inkludert å følgje opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sett i regelverk og tilskotsbrev. Føremålet er å styrkje koordineringa av innsatsen retta mot digital kompetanseheving som blir gjort i samarbeid med mellom anna KS, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Seniornett og andre aktørar frå det offentlege, frivillige organisasjonar og næringslivet. Posten blir derfor foreslått auka med 8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 541, post 71.
Samla blir det foreslått å løyve 8,9 mill. kroner.
Kap. 3540 Digitaliseringsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
03 | Diverse inntekter | 12 091 | 2 285 | 2 285 |
05 | Bruk av nasjonale fellesløysingar | 160 134 | 191 200 | 179 000 |
07 | Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn | 136 518 | 136 000 | 137 500 |
Sum kap. 3540 | 308 743 | 329 485 | 318 785 |
Post 03 Diverse inntekter
På posten budsjetterast diverse inntekter i Digitaliseringsdirektoratet som ikkje kan netto inntektsførast på utgiftsposten ifølgje rundskriv R-101 Statens kontoplan for statsbudsjettet og statsregnskapet.
Det blir foreslått å løyve 2,3 mill. kroner.
Post 04 Tilsyn for universell utforming av ikt
På posten budsjetterast eventuelle inntekter knytte til tilsyn for universell utforming av ikt. Nivået på inntektene er usikkert. Det blir derfor ikkje foreslått ei løyving.
Post 05 Bruk av nasjonale fellesløysingar
På posten budsjetterast inntekter knytte til betaling frå offentlege verksemder for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå som private leverandørar har ferda ut, og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå og SMS-kostnadar. I tillegg budsjetterast inntekter frå verksemder for bruk av Digital postkasse til innbyggarar og til å logge inn til postkassene via ID-porten. Løyvinga dekker òg eingongskostnad for å ta i bruk eSignering og brukskostnadar for tenesta, sjå omtale under kap. 540, post 22.
Det blir foreslått å løyve 179 mill. kroner.
Post 07 Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn
På posten budsjetterast inntekter knytte til drift og driftsrelatert applikasjonsforvalting av Altinn og SMS-varsling. I tillegg budsjetterast inntekter knytte til driftsmessige endringar som tenesteeigarane har bestilt. Digitaliseringsdirektoratet fakturerer vidare utgiftene til tenesteeigarane etter gjeldande fordelingsnøkkel i samarbeidsavtala mellom tenesteeigarane og Digitaliseringsdirektoratet v/Altinn, sjå omtale under kap. 540, post 29.
Det blir foreslått å løyve 137,5 mill. kroner.
Post 86 Tvangsmulkt
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar og fører tilsyn etter forskrift om universell utforming av ikt-løysingar. Direktoratet kan gi påbod om at verksemder gjennomfører tiltak for å sikre at forskrifta oppfyllast og treffe vedtak om tvangsmulkt etter lov om likestilling og forbod mot diskriminering § 36.
Det er usikkert om tvangsmulkt vil bli pålagt. Det blir derfor ikkje foreslått ei løyving på posten.
Kap. 541 IT- og ekompolitikk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
22 | Utvikling, gjennomføring og samordning av IT- og ekompolitikken, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 21 542 | 15 007 | 15 924 |
50 | Forskingsprogram | 152 302 | 130 302 | |
60 | Breibandutbygging | 304 648 | 362 685 | 400 031 |
70 | Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttast under post 22 | 38 330 | 39 433 | 34 908 |
Sum kap. 541 | 516 822 | 547 427 | 450 863 |
Post 22 Utvikling, gjennomføring og samordning av IT- og ekompolitikken, kan overførast, kan nyttast under post 70
Løyvinga på posten brukast til tiltak for å gjennomføre og utvikle IT- og ekompolitikken.
Rapport
Løyvinga vart i 2022 brukt til oppfølging av tverrgåande digitaliseringstiltak og til finansiering av utgreiingar og rapportar for å styrkje kunnskapsgrunnlaget og utforminga av politikk innanfor IT- og ekompolitikken.
Vidare vart løyvinga brukt til oppfølging av Digital 21-strategien, mellom anna til koordinering av og mobilisering for norsk deltaking i EU-programmet DIGITAL og ei prøveordning med regulatorisk sandkasse for personvern og kunstig intelligens. Sandkassa er frå 2023 etablert som ei permanent ordning og finansiert over løyvinga til Datatilsynet.
Løyvinga vart òg brukt til tiltak for auka digital deltaking og kompetanse i befolkninga, jf. omtale under kap. 541, post 70, mellom anna til drift og vidareutvikling av gratis læringsressursar for dei som driv opplæring og rettleiing i grunnleggande digitale ferdigheiter i befolkninga (Digidel-ressursane) hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Regjeringa har levert ein handlingsplan for auka deltaking i eit digitalt samfunn i 2023. Handlingsplanen skal medverke til at fleire blir inkludert i det digitale fellesskapet gjennom auka digital kompetanse i ulike livsfasar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det skal gjennomførast utgreiingar og tiltak som følgjer opp Hurdalsplattforma. Departementet skal utvikle og følgje opp ny nasjonal strategi for digitalisering. Vidare skal departementet følgje opp tiltak i Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – Datadrevet økonomi og innovasjon og Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester.
Løyvinga skal òg brukast til å dekke Kommunal- og distriktsdepartementet sin medlemskontingent til Digital Norway – Toppindustrisenteret AS. Det blir foreslått setje av 3 mill. kroner til Digital Norway.
Løyvinga skal òg i det vidare vere med å sikre koordinering av og mobilisering til norsk deltaking i EU-programmet DIGITAL og til å følgje opp handlingsplanen til regjeringa for auka deltaking i eit digitalt samfunn.
Samla blir det foreslått å løyve 15,9 mill. kroner.
Post 50 Forskingsprogram
Løyvinga til forsking under Kommunal- og distriktsdepartementet blir samla under kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet, og denne posten blir avvikla. Løyvinga på 90,3 mill. kroner til IKTPLUSS blir foreslått overført til kap. 500, post 50. Løyvinga på 48,4 mill. kroner til Simula Research og forskingssentera blir foreslått overført til kap. 500, ny post 51. Sjå omtale av rapport for 2022 og prioriteringar for 2024 under dei to postane.
Post 60 Breibandutbygging
Mål for ordninga
Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder i Noreg skal ha tilbod om høghastigheits breiband innan utgangen av 2025, jf. omtale under mål 3 ovanfor. Føremålet med ordninga om breibandstønad er å bidra til at alle husstandar og verksemder får eit tilbod om breiband med god kvalitet. Tilskotet skal bidra til utbygging av breiband i geografiske område der det ikkje er kommersielt grunnlag for investeringar. I tillegg kan midlane i ordninga brukast til å auke kapasiteten på breibandet i område der marknaden ikkje leverer tilfredsstillande kapasitet. Ordninga blir forvalta av fylkeskommunane. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir rettleiing til fylkeskommunane, mellom anna når det gjeld tekniske og statsstøtterettslege spørsmål.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er talet på nye breibandsaksessar som blir realiserte gjennom ordninga.
Tildelingskriterium
Departementet fastset i samråd med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ei fordeling av midlane mellom fylkeskommunane, og kriterium for bruk av midlane.
Kriteria kan mellom anna gjelde krav til lokal medfinansiering, krav til undersøking av kommersielle planar, krav til hastigheit på breibandet som blir bygd ut, avgrensing mot fritidsbustadar, tidsfristar for gjennomføring av prosjekt og krav til teknologinøytralitet.
Oppfølging og kontroll
Fylka rapporterer til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om prosjekta som skal få støtte og deretter om bruken av midlane så snart prosjekta er ferdige. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir ein samla rapport årleg til departementet.
Ordninga stiller mellom anna krav om internkontroll i fylkeskommunane og kontroll av informasjon frå tilskotsmottakarar.
Rapport
Det vart løyvd 304,6 mill. kroner til ordninga i 2022. Retningslinjene for bruk av desse midlane var basert på det som var gjeldande gruppeunntak for offentleg støtte (General Block Exemption Regulation – GBER) i Noreg ved inngangen til 2022, og tillét ikkje støtte til bygg som allereie hadde eit tilbod om breiband med minst 30 Mbit/s nedlastingshastigheit. Våren og sommaren 2022 fekk alle fylka oppdatert dekningsinformasjon på adressenivå frå mobiltilbydarane Telenor og Telia. Den nye dekningsinformasjonen innebar at langt fleire enn først antatt hadde tilbod om breiband med hastigheit på minst 30 Mbit/s. Som følgje av dei nye opplysningane frå tilbydarane, kunne mange bygg ikkje lenger inkluderast i utbyggingsprosjekta. Dette gjorde det vanskeleg for ein del fylke å lage utbyggingsprosjekt. Nytt GBER-regelverk vart implementert i norsk rett i juni 2022, og dette opna mellom anna for støtte til bygg som har inntil 100 Mbit/s. Kommunal- og distriktsdepartementet la etter dette til rette for at dei fylka som ønskte det, kunne bruke ubrukte midlar som var tildelt fylkeskommunane tidlegare, innanfor retningslinjene som ville gjelde for breibandstøtte for 2023. Retningslinjene for 2023 er baserte på den nye GBER. Fylka måtte formelt vente på oppdragsbrevet for 2023, men vart gjort kjende med hovudtrekka i ny GBER, slik at dei kunne planlegge prosjekta.
Om lag 150 mill. kroner av tildelinga i 2022 blir brukt innanfor retningslinjene for 2023. I støtteordninga for 2023 inngår statlege tilskot i et spleiselag som inkluderer lokal medfinansiering frå fylke og kommunar og delfinansiering frå ekomtilbydarar. Midlane som blir brukt innanfor 2022-retningslinjene utløyser samla utbyggingsprosjekt for om lag 418 mill. kroner. Det forventast at dette vil bidra til at om lag 4 000 husstandar får eit nytt eller betre breibandstilbod.
Ettersom stadig større delar av landet har fått eit tilbod, skjer utbygginga basert på statlege tilskot i stadig meir spreiddbygde område. Kostnadane per tilknytt husstand har derfor auka over tid og vil truleg auke òg framover. Samstundes kan eit større innslag av prosjekt basert på trådlaus teknologi kanskje trekke i motsett retning. For 2022-prosjekta var utbyggingskostnaden per husstand estimert til om lag 104 500 kroner, mot 61 000 kroner i 2021. Denne auken er større enn tidlegare år, og kan truleg i stor grad forklarast med bakgrunn i den nye dekningsinformasjonen sin påverknad på prosjekta som blir gjennomført.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Løyvinga skal bidra til å oppnå målet om at 100 pst. av husstandane og verksemdene har tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit og minst 10 Mbit/s opplastingshastigheit innan utgangen av 2025. Retningslinjene for ordninga vil innrettast mot dette målet.
Retningslinjene for ordninga skal legge til rette for at alle relevante teknologiar kan brukast i utbyggingsprosjekt under ordninga. Det er vidare viktig å følgje opp og sjå dei ulike verkemidla på breibandområdet i samanheng, for å sikre at dei utfyller kvarandre på ein god måte. Tilskot til breibandutbygging på denne posten må avstemmast mot distriktspakka for raskt trådlaust breiband som vart innvilga i samband med 5G-auksjonen hausten 2021, jf. omtale under kap. 543, post 01, og mot innkjøpsordninga for funksjonell internettilgang, jf. omtale under kap. 543, post 71.
Det skal leggast vekt på å følgje opp fylkeskommunane for å sikre at tilskotet resulterer i gjennomføring av prosjekt med nye breibandstilknytingar raskt, mellom anna gjennom Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit si faglege rettleiarrolle.
Det blir foreslått å løyve 400 mill. kroner.
Post 70 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttast under post 22
Løyvinga på posten dekker diverse tilskot og kontingentar innanfor forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk.
Tilskot til Norsk teknisk museum
Det blir foreslått eit tilskot på 5,7 mill. kroner til Norsk Teknisk Museum.
Etter at Telenor avvikla støtta selskapet gav til Telemuseet, vart Norsk Teknisk Museum og Telemuseet slått saman i 2018. Departementet gir støtte for å vareta arven på teleområdet.
Telemuseet var samlokalisert med Norsk Teknisk Museum før samanslåinga, og dei er no fullt integrerte som eitt museum. Det er ikkje høve til å trekke teleområdet ut av museet igjen, og derfor heller ikkje høve til å bruke ei generell tilskotsordning som verkemiddel.
Føremålet med løyvinga er å sikre bevaring av Telemuseet sine museale samlingar og kulturminne som dokumenterer norsk telehistorie frå 1855 og fram til i dag, og kompetanse på teleområdet. I tråd med føringane frå Stortinget frå 2018, jf. Innst. 13 S (2017–2018), blir det òg sett av midlar til regional verksemd.
I 2022 vart det arbeidd med å utvikle ei ny, stor IKT-utstilling med teleområdet som eit berande element. Utstillinga opna våren 2022. I tillegg har arbeidet med å ta vare på og gjere tilgjengeleg registrerte arkiver fortsett, og arbeidet med digitalisering har halde fram. Vidare er det utarbeidd ein sikringsplan for museet sine samlingar, og ei rekke tiltak for å sikre telesamlingane er inkludert i planen.
Kriterium for måloppnåing er at samlingane frå Telemuseet blir varetatt, at dei er tilgjengelege gjennom utstillingar eller på førespurnad, og at kompetansen på teleområdet er oppretthalden.
Departementet stiller krav og vilkår til bruken av midlane, inkludert om bruk på regional verksemd, og stiller krav om rapportering.
Tilskot til Seniornett Norge
Det blir foreslått eit driftstilskot på 3,37 mill. kroner til Seniornett Norge. Seniornett Norge er ein uavhengig, ideell organisasjon som arbeider for å styrkje den digitale kompetansen blant eldre gjennom opplærings- og informasjonstiltak. Seniornett er den einaste organisasjonen som arbeider med dette som mål der opplæring og kompetansetiltak blir gjennomført av frivillige som er i same aldersgruppe. Målet med driftstilskotet til Seniornett Norge er å styrkje aktivitetar retta mot målgruppa svake eller ikkje-brukarar av internett over 65 år over heile landet. Foreningen har ca. 9 000 medlemmer, og har per mai 2023 registrert over 200 lokalforeiningar.
Departementet har stilt krav og vilkår for bruken av midlar og rapportering, og følgjer opp rapporteringa frå Seniornett Norge opp mot desse. Viktige kriterium for måloppnåinga vil vere talet på lokalforeiningar, geografisk plassering av foreiningane og tilbodet av kurs og rettleiing i foreiningane.
I 2023 fekk Seniornett Norge eit driftstilskot på 3,48 mill. kroner for å styrkje kompetansen til eldre og deltaking på nett. Seniornett Noreg rapporterer på bruk av midlane gjennom årsrapport og revisorgodkjend rekneskap.
Tilskot til Nasjonalt program for leverandørutvikling
Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP) har som føremål å gi praktisk støtte til kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder slik at dei kan gjennomføre fleire lønsame innovative innkjøp som sikrar brukartilpassa tenester, effektivisering av offentleg sektor og utvikling av lokalt og nasjonalt leverandørmarknad.
Det blir foreslått eit tilskot på 470 000 kroner til LUP.
LUP er eigd av Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, KS og NHO. Det er sistnemnte som mottek tilskotet og administrerer programmet. Partnarskapet utgjer samla sett ein kompetanse som er unik, og som ikkje let seg erstatte av ei generell tilskotsordning. Det likeverdige samarbeidet mellom stat, kommune og næringsliv har gitt programmet sterk legitimitet. Programmet har bidratt til innovasjonar i næringslivet og bidratt til å modernisere og effektivisere stat og kommune.
Partnarskapen kring LUP er eit viktig premiss for at Noreg har klart å motivere og mobilisere alle aktørane som er viktige for å lukkast med nasjonal utbreiing og effekt av innovative innkjøp. Arbeidet blir omtala av mellom anna KS som ei suksesshistorie som òg andre land ønskjer å lære av, mellom anna Center for offentlig-privat innovasjon (CO-PI) i Danmark.
Departementet stiller krav og vilkår for bruken av midlane og rapportering, og følgjer opp rapporteringa frå LUP. Det blir vist til nærare omtale av programmet i Prop. 1 S (2023–2024) for Nærings- og fiskeridepartementet, kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 81 Tilskudd til leverandørutviklingsprogrammet (LUP).
Kontingent til Open Government Partnership
Målet med det internasjonale samarbeidet Open Government Partnership (OGP) er å bidra til at offentleg sektor og det sivile samfunnet samarbeider om å skape ei meir open, velfungerande og brukarvenleg forvaltning som har høg tillit i befolkninga. OGP samarbeider med multilaterale organisasjonar som OECD og Verdsbanken.
Kommunal- og distriktsdepartementet er samordnar og pådrivar for Noregs OGP-handlingsplanar. Kommunal- og distriktsdepartementet har etablert eit interessentforum med deltakarar frå forvaltninga og det sivile samfunnet. Forumet skal bidra i arbeidet med å utvikle og implementere handlingsplanane.
Noregs fjerde OGP-handlingsplan vart sett i verk 1. juli 2019 og avslutta i 2021. På grunn av koronapandemien vart planen forlenga til ut 2022.
Noreg planlegg å legge fram sin femte OGP-handlingsplan i løpet av 2023. Planen skal gjelde frå 2024 og ut 2027. Handlingsplanen blir laga i samarbeid med det sivile samfunnet og i tråd med samskapingsprinsippa som OGP legg til grunn. Regjeringa og sivilsamfunnet har mellom anna prioritert meir openheit om innkjøp, antikorrupsjonsarbeidet, evaluering av einnsyn, digital inkludering og openheit rundt straffesaksdokument i denne planen.
Det blir budsjettert med ein medlemskontingent til OGP på om lag 2,2 mill. kroner i 2024.
Tilskot til OGP-rådet
Open Government Partnership rådet (OGP-råd) vart oppretta i 2019 for å hjelpe både forvaltninga og det sivile samfunnet i openheitsarbeidet. Rådet har òg hatt ei sentral rolle i å iverksetje tiltaka i Noregs handlingsplanar. Rådet har ei sjølvstendig pådrivarrolle og tar initiativ til å foreslå tiltak for auka openheit i samfunnet. Rådet er med på å setje openheit i både offentleg og privat sektor på dagsordenen mellom anna ved å lage videofilmar om temaet. Rådet spelar ei viktig rolle i arbeidet med å utarbeide den femte OGP-handlingsplanen.
Det blir budsjettert med eit tilskot til OGP-rådet på 341 000 kroner i 2024. Tilskotet skal forvaltast av Transparency International Norge på vegne av OGP-rådet. Midlane vil mellom anna bli brukt til ulike arrangement der målet er å nå grupper som vanlegvis ikkje tar del i det offentlege ordskiftet.
Kontingentar til internasjonale organisasjonar
Det blir budsjettert med 22,8 mill. kroner til å dekke kontingentane til Noreg si deltaking i Den internasjonale telekommunikasjonsunion (ITU), Den europeiske post- og teleorganisasjon (CEPT) og Det europeiske nettverks- og informasjonssikkerheitsbyrået (ENISA).
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Som følgje av avviklinga av StartOff-programmet blir det foreslått å redusere tilskotet til Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP) med 1 mill. kroner.
Det blir foreslått å redusere tilskotet til Norsk teknisk museum med 1,4 mill. kroner for å finne rom til andre satsingar.
Tilskot til hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse vil frå 2024 bli forvalta av Digitaliseringsdirektoratet. Posten blir derfor foreslått redusert med 8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 540, post 71.
Samla blir det foreslått å løyve 34,9 mill. kroner i 2024.
Kap. 542 Internasjonalt samarbeid
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 712 | 4 851 | 5 100 |
70 | Internasjonale program, kan overførast | 217 618 | 356 897 | 476 782 |
Sum kap. 542 | 219 330 | 361 748 | 481 882 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og drift for nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen som del av deltaking i EU-programma. Det blir foreslått å løyve 5,1 mill. kroner.
Post 70 Internasjonale program, kan overførast
Løyvinga dekker EU-program som Noreg tar del i etter EØS-avtalen og som er knytt til utviklinga av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. EU-kommisjonen fastset i euro årleg medlemskontingent for norsk deltaking i EU-programmer på grunnlag av venta framdrift under det enkelte program. Utanriksdepartementet betaler samla kontingent mot seinare refusjon frå dei departement som er ansvarlege for dei enkelte programma.
Mål for ordninga
Løyvinga støttar opp om målet om at forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga og målet om at digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor. Det er eit mål at norsk næringsliv og norske fagmiljø nyttiggjer seg den norske deltakinga i EU-program. Da må Noreg delta aktivt, koordinert og målretta. I samband med det strategiske nordisk-baltiske samarbeidet om digitalisering, er det eit viktig mål å støtte opp under det europeiske digitaliseringssamarbeidet og realiseringa av den indre, digitale marknaden. Å bli einige om viktige posisjonar eller innspel til EU-kommisjonen på område som er strategisk viktig for den nordiske regionen, er eit døme på korleis det nordiske samarbeidet konkret kan følgjast opp.
Kriterium for måloppnåing
DIGITAL er eit investerings- og kapasitetsbyggingsprogram for digital omstilling og bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv. Programmet har ei ramme på 7,17 mrd. euro (i 2021-prisar) i perioden 2021–2027 og er fordelt på fem hovudområde: tungrekning (superdatamaskiner), data og kunstig intelligens, cybersikkerheit og tillit, avanserte digitale ferdigheiter og dessutan utrulling av digitale løysingar og beste bruk av digitale kapasitetar og styrkt interoperabilitet. I tillegg har EU foreslått å utvide programmet til å omfatta eit sjette satsingsområde, ei stor europeisk satsing på halvleiarteknologi (microchips). Dette kan utvide dei økonomiske rammene for programmet og dermed òg den norske kontingenten.
Regjeringa har vedtatt å jobbe for deltaking i EUs nye program for sikker global satellittkommunikasjon, Secure Connectivity Initiative (òg kalla IRIS2). Dette initiativet har koplingar til DIGITAL-programmet, men det er for tidleg å seie korleis eventuell norsk deltaking vil påverke DIGITAL. For ytterlegare omtale av Secure Connectivity Initiative, sjå Prop. 1 S (2023–2024) for Nærings- og fiskeridepartementet kap. 922 Romvirksomhet, post 73 EUs romprogrammer.
Programmet for eit digitalt Europa 2021–2027 (DIGITAL) er eit forholdsvis nytt program, og innhaldet er framleis under utvikling. Den nasjonale strategien for programmet som blir utarbeidd i 2023 vil angi mål for deltaking i programmet. Ved deltaking i EUs program for forsking og innovasjon har det vore vanleg å angi ein ambisjon for returdel, det vil seie kor stor prosentdel av dei konkurranseutsette midlane som endar opp i Noreg. Ein annan relevant indikator for å angi gevinstar frå deltaking er suksessrate, det vil seie kor stor del av dei norske søknadene som har blir innstilte for finansiering.
Ein slik prosentvis returdel og suksessrate vil vere aktuelle kriterium for måloppnåing for DIGITAL, men dette må utgreiast nærare. Delar av DIGITAL handlar dessutan om å bygge felleseuropeisk kapasitet innanfor område som superdatamaskiner, cybersikkerheit, avansert digital kompetanse og kunstig intelligens. Oppbygging av kapasitet innan superdatamaskiner inneber til dømes å finansiere kjøp, utvikling og bruk av nye tungrekningsverktøy som blir gjort tilgjengeleg for næringsliv, akademia og offentleg sektor. Nytta norske verksemder vil ha av denne kapasiteten, kan vanskeleg målast gjennom tradisjonelle mål som returdel og suksessrate, og det må bli eigne kriterium for måloppnåing utvikla for dette. Programmet gir òg indirekte effektar ved at Noreg er del av eit Europa som bygger kapasitet på strategisk viktige område som cybersikkerheit, tungrekning, sikker kommunikasjon og tilgang på halvleiarar.
Tildelingskriterium
Noreg betalar ein årleg kontingent til programmet. Programmet har eit eige sett med tildelingskriterium som EU fastset.
Oppfølging og kontroll
Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret å koordinere oppfølginga av norsk deltaking i DIGITAL.
Digitaliseringsdirektoratet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd har saman eit fast ansvar for å følgje opp den norske deltakinga i DIGITAL, medrekna ansvaret for å sikre nødvendig nasjonal koordinering og mobilisering. Digitaliseringsdirektoratet har ansvaret for å samordne arbeidet til dei tre aktørane. Dei tre aktørane rapporterer om arbeidet til Kommunal- og distriktsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Rapport
Arbeidsprogrammet for dei første to åra i DIGITAL, 2021 og 2022, vart vedtatt av EU-kommisjonen i slutten av 2021. Dei første utlysingane for programmet vart publiserte i november 2021. Arbeidsprogrammet for 2023 og 2024 vart vedtatt i starten av 2023 og dei først utlysingane vart publiserte i mai 2023.
I 2022 har Digitaliseringsdirektoratet jobba som sekretariat for koordineringsgruppa for DIGITAL-programmet. Koordineringsgruppa er eit samarbeid mellom Digitaliseringsdirektoratet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. Gruppa har jobba med å kommunisere moglegheitene som ligg i DIGITAL og å mobilisere norske aktørar til å delta i programmet. Gruppa har etablert nettsider med informasjon og har gjennomført digitale informasjonsmøte med føremål å promotere moglegheiter i DIGITAL for offentlege verksemder, næringsliv og forskingsmiljø i Noreg. Førebelse resultat viser at fleire norske aktørar har fått gjennomslag for søknadene sine. Noreg har òg arbeidd for å påverke utviklinga av programmet på EU-nivå, og har delteke i ekspertgrupper og sendt innspel til arbeidsprogramma.
Sidan norsk deltaking i DIGITAL vart vedtatt av Stortinget i 2021, har det blitt gjort tydeleg frå EU-kommisjonen at fleire utlysingar under programmet krev nasjonal medfinansiering. Kravet om medfinansiering gjeld for dei fleste satsingsområde, mellom anna for utlysingane knytt til etablering av digitale innovasjonsnav (EDIH) og test- og eksperimenteringsfasilitetar for kunstig intelligens (TEF). Det er grunn til å tru at den relativt lave returraten har samanheng med at Noreg er avskore frå å søkje midlar til medfinansiering frå fleire EU-fond, samstundes som Noreg heller ikkje har ei eiga ordning for nasjonal medfinansiering til norske aktørar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Deltaking i programmet kan gi norske bedrifter, forskingsmiljø og offentleg sektor tilgang til nødvendige samarbeidspartnarar og ressursar innanfor alle DIGITAL sine satsingsområde. Det overordna målet for norsk deltaking i DIGITAL er å få mest mogleg igjen for investeringane i programmet. Det skal i 2023 utarbeidast ein eigen nasjonal strategi for deltaking i programmet.
Det totale norske bidraget til DIGITAL er av EFTA estimert til 1,943 mrd. kroner. Estimatet er usikkert og vil avhenge av valutakursar og proporsjonalitetsfaktoren. Det blir foreslått ei løyving på 467,9 mill. kroner i 2024 til Noreg si deltaking i DIGITAL.
Programma CEF Digital og ISA² er avslutta. Det blir foreslått å løyve 8,9 mill. kroner til å dekke antatte etterslep i 2024.
Samla blir det foreslått å løyve 476,8 mill. kroner. Løyvingsforslaget er usikkert. Dei endelege kontingentkrava frå EU-kommisjonen vil ligge føre hausten 2024.
Kap. 3542 Internasjonalt samarbeid
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 2 771 | 2 713 | 3 541 |
Sum kap. 3542 | 2 771 | 2 713 | 3 541 |
Post 01 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Enkelte bidrag til internasjonale organisasjonar kan i samsvar med statistikkdirektiva til Development Assistance Committee (OECD/DAC) godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Inntektsanslaget for 2024 på 3,5 mill. kroner gjeld 18 pst. av bidraget til Den internasjonale teleunion, jf. kap. 541, post 70. Ein viser dessutan til omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet kap. 151 Fred, sikkerheit og globalt samarbeid, post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar mv.
Det blir foreslått å løyve 3,5 mill. kroner.
Kap. 543 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 227 287 | 244 454 | 260 092 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 8 428 | 15 607 | 16 886 |
70 | Telesikkerheit og -beredskap, kan overførast | 204 470 | 182 866 | 187 992 |
71 | Funksjonell internettilgang til alle, kan overførast | 10 284 | 10 573 | |
Sum kap. 543 | 440 185 | 453 211 | 475 543 |
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er det sentrale, utøvande tilsyns- og kontrollorganet på områda for post, elektronisk kommunikasjon og elektroniske tillitstenester i Noreg. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er òg tiltenkt ei rolle som tilsynsmyndigheit for datasenter. Det blir tatt sikte på å foreslå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit som tilsynsmyndigheit i ny ekomlov.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal bidra til å sikre brukarane i heile landet gode, rimelege og framtidsretta elektroniske kommunikasjonstenester. Etaten skal òg legge til rette slik at brukarane i heile landet får eit landsdekkande tilbod av postsendingar til overkommeleg pris og god kvalitet. Etaten har eit særskilt ansvar knytt til sikkerheit og beredskap i ekomnett og -tenester.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal bidra til effektiv bruk av ressursane i samfunnet ved å legge til rette for berekraftig konkurranse og stimulere til næringsutvikling og innovasjon på områda for post og elektronisk kommunikasjon.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er eit ordinært statleg forvaltningsorgan under Kommunal- og distriktsdepartementet. Samferdselsdepartementet har ansvaret for saker på postområdet, jf. Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet.
Løyvinga på denne posten skal dekke løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter.
Rapport
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har ei stor breidde av aktivitetar innanfor etaten sine mange fagområde, og gjennomførte ei rekke aktivitetar og prosjekt i 2022.
Krigen i Ukraina og den spente sikkerheitssituasjonen i Europa har prega trussel- og risikobiletet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine prioriteringar av sikkerheitsaktivitetar i 2022. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har gjennom året delt trusselinformasjon med bransjen og gjennom tett dialog med bransjen bidratt med anbefalingar om tiltak for å handtere risikoane. Den spente sikkerheitssituasjonen har vore tema på alle møtearenaar som omhandlar sikkerheit i regi av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, mellom anna Samvirkegruppen for sikkerhet og beredskap, ekomsikkerhetsforum og dei faste bilaterale kontaktmøta med dei største tilbydarane.
Programmet for forsterka ekom har blitt vidareført gjennom 2022, då det vart inngått avtalar om tiltak i ni kommunar i Ofoten, Vesterålen og Sør-Troms. Arbeidet med regionale analysar etter modell frå Finnmarks-analysen i 2020 vart vidareført i 2022. I 2022 vart Troms-analysen fullført og Nordlands-analysen starta.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har døgnbemanna vaktordningar for monitorering og rapportering av sikkerheitshendingar på fysisk og logisk nivå, og etaten følgjer opp teieplikta og kommunikasjonsvernet i elektronisk kommunikasjon. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har kontinuerleg følgd opp varslingspliktige hendingar, som til dømes utfall i fast- og mobilnett. I 2022 fekk Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit varsel om 123 unike hendingar, mot 143 i 2021.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har i 2022 sett i operativ drift ein ny samhandlingsportal for cybersikkerheit for EkomCERT og nøkkelpersonell hos tilbydarane. Portalen sikrar effektiv varsling, informasjonsdeling og kunnskapsdeling om digitale truslar og hendingar i sektoren.
Vidare har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit leia ei arbeidsgruppe beståande av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, NVE, Telenor, Telia og Elvia for å greie ut tiltak for å styrkje det beredskapsmessige samarbeidet mellom ekom- og kraftsektorane for å førebygge og handtere utfall.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har hjelpt departementet i arbeidet med sikkerheitslova i ekomsektoren, inkludert arbeidet med at nye selskap blir underlagd lova. Det vart i 2022 ført tilsyn etter sikkerheitslova med åtte verksemder. I tillegg vart det ført fleire sikkerheitstilsyn etter ekomlova og lov om elektroniske tillitstenester.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har saman med DSB, Politidirektoratet og mobiloperatørane Telenor, Telia og ICE arbeidd med anskaffing og implementering av eit nytt system for befolkningsvarsling, Nødvarsel, basert på Cell Broadcast-teknologi. Løysinga vart offisielt lansert i februar 2023, og støttar sending av befolkningsvarsel lokalt, regionalt og nasjonalt. Arbeidet med vidareutvikling av systemet fortset i 2023.
Frekvensar utgjer ein verdifull og avgrensa naturressurs som alle innbyggarar og verksemder har behov for. Frekvensar blir brukt til all trådlaus kommunikasjon, som mellom anna trådlause nett, mobilnett og radio- og fjernsynskringkasting. Departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar frekvensar i Noreg.
For å legge til rette for utbygging av den nyaste mobilteknologien (5G) og utbygging av breiband med høg kapasitet, slik at ein kan nå målet om høghastigheits breiband til alle husstandar og verksemder innan 2025, gjennomførte Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i 2022 ei utgreiing av frekvensband som kan vere aktuelle å tildele til mobilkommunikasjon og 5G dei neste åra. Det er i tillegg opna for søknadar om tildeling av 5G-frekvensar til private nett for offentlege og private verksemder, noko som stimulerer til næringsutvikling og innovasjon.
Innanfor marknadsreguleringa har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit fatta fleire vedtak som ledd i oppfølginga av gjeldande marknadsvedtak i mobil- og breibandmarknadane. Vedtaka skal bidra til auka konkurranse på infrastruktur- og tenestenivå. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har i 2022 òg arbeidd med nye marknadsanalysar i dei same marknadane og sende i april og juni 2023 nye analysar av desse marknadane på høyring.
Myndigheitene har over tid følgd Telenor si utfasing av koparnettet tett for å vareta konkurranse, leveringspliktige tenester og samfunnskritiske brukarar. Telenor avslutta bruk av koparnettet for eigne sluttbrukarar ved utgangen av 2022, men er pålagd å oppretthalde tilgangen for eksterne grossistkundar fram til hausten 2025. I lys av den reduserte bruken av koparnettet har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i 2022 og 2023 fatta vedtak som gir Telenor moglegheit til å legge ned delar av koparnettet som ingen brukar lenger.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har i 2022 utarbeidd ein rettleiar til offentlege aktørar om innplassering av infrastruktur for mobilnett. Føremålet med rettleiaren er å sikre effektive og einskaplege prosessar hos offentlege aktørar som mottar søknadar om innplassering, for å bidra til at det offentlege aktivt legg til rette for vidare utbygging av mobilkommunikasjonsnett.
Vidare har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit bidratt til departementet sitt arbeid med den nye ekomlova, etter at utkast til lov og forskrifter var på høyring sommaren og hausten 2021, og bidratt i departementet sitt arbeid med å utarbeide ein handlingsplan for digital inkludering.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gjennomførte i november/desember 2022 ei marknadsundersøking knytt til verksemders og privatpersonars reelle behov for og bruk av posttenester i Noreg. Målet for undersøkinga var å få betre innsikt og kunnskap om den norske postmarknaden. Resultata og dataane skal i 2023 analyserast og mellom anna brukast i arbeidet med vurderingar av behovet for leveringspliktige posttenester i Noreg.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har sett i gang eit arbeid med å få oppdatert registrane over tilbydarane i postmarknaden basert på ei klargjering av definisjonane i postlova frå klageorganet si side.
Forlenging av frekvensløyve til FM-lokalkringkasting
Frekvensløyve for innehavarar av lokalradiokonsesjon som sender på FM, er utferda av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og varar til 31. desember 2026. Digitaliseringa av lydmedia fortset med auka lytting til digitalradio på DAB, internettradio og podkast. For riksdekkande radio vart FM-sendingane sløkt i 2017. For lokalradio går likevel digitaliseringa framleis føre seg, samstundes som FM fortset å vere ei viktig plattform for lokalradio når det gjeld lytting og inntekter.
Tidlegare har FM-løyva vore forlengt ved direktetildeling til eksisterande innehavarar ved to høve. Ved behandlinga av mediepolitiske styringssignal for 2023–2026 i Stortinget uttrykte eit fleirtal i komitéen ei forventning om at regjeringa gjer ei direkte forlenging av dagens løyve for lokalradioaktørar som sender på FM-nettet, fram til 2031, jf. Innst. 14 S (2022–2023). Regjeringa tar sikte på at direktetildeling av løyve for perioden 2027–2031 til eksisterande innehavarar av lokalradioløyve vil bli gjennomført i god tid før dagens løyve opphøyrer.
Sjå òg omtale av saka i Prop. 1 S (2023–2024) for Kultur- og likestillingsdepartementet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal vidareføre arbeidet med å legge til rette for investeringar og kostnadseffektiv utbygging av breiband med høg kapasitet og auka konkurranse i breibandmarknadane, og skal følgje opp fylkeskommunane med nødvendig bistand for å legge til rette for at løyvinga til breibandutbygging skal kome til bruk raskt.
Det er òg viktig at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har oversikt over sikkerheitstilstanden i ekomnetta og vidarefører, foreslår og gjennomfører nødvendige tiltak for å vareta kravet om sikre og robuste nett og tenester, og at etaten bidrar i den operasjonelle oppfølginga av sikkerheitslova.
Den nye ekomlova og marknadsreguleringa vil vere bidrag til økt marknadsdynamikk og forbrukarvelferd. Det er ei sentral oppgåve å følgje opp konkurransen i breibandmarknadane og bidra til at sluttbrukarane har valmoglegheiter når det gjeld breibandleverandør. Ei anna viktig oppgåve for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er å fortsetje å legge til rette for utbygging av det tredje mobilnettet, for å styrkje konkurransen i mobilmarknaden og bidra til rimelegare prisar og innovative tenester.
Kunnskap om valmoglegheiter og rettar er vesentlege føresetnader for velfungerande konkurranse, og derfor vil Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forsterke si rolle som rettleiar og tilretteleggar i sektoren. I tillegg er det ei viktig oppgåve for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit å vidareføre arbeidet med å fremje digital inkludering.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal vidareføre arbeidet med å vere ein pådrivar for gjennomføring av mål og tiltak frå Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester.
I tillegg skal Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit òg fortsetje å legge til rette for utrulling av 5G-mobilnett, raskt trådlaust breiband og tinga sitt internett (IoT) i heile landet, for å bidra til nye og innovative løysingar på tvers av sektorar og produktivitetsvekst og auka konkurransekraft for norsk næringsliv og industri. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit planlegg mellom anna å tildele 26 GHz-bandet i 2023 og 1500 MHz-bandet i 2024. Etaten skal òg følgje opp tidlegare utbyggingsforpliktingar og dekningskrav langs jernbane og veg og til husstandar og verksemder.
I 2023 vart løyvinga auka med 3,6 mill. kroner for å styrkje Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit si oppfølging av ansvaret etter sikkerheitslova og rolla i totalforsvaret. Tiltaket har ei ramme på 6 mill. kroner frå 2024. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 2,4 mill. kroner.
Oppgåva med å overføre og etablere funksjonar for postnummersystemet som følgje av endringar i postlova skal fullførast. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal òg gjennom tilsynet sitt med postmarknaden ha eit godt grunnlag for å hjelpe Samferdselsdepartementet med analysar av marknaden, regelverksutvikling og internasjonalt arbeid på postområdet.
Det blir foreslått å løyve 260,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Rapport
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal ha tilgang til moderne og oppgradert utstyr som gjer at etaten er godt rusta til å løyse samfunnsoppdraget sitt. Løyvinga kan mellom anna brukast til måleutstyr til tilsynsverksemd på frekvensområdet, vidareutvikling av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine IT-løysingar og IT-utstyr og utvikling av analysemodellar som brukast i arbeidet med reguleringa av ekommarknaden.
I 2022 har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit brukt ein del av midlane til anskaffingar av utstyr til tilsyn med radiobaserte system, inkludert kjøp av mobilt måleutstyr og etablering av målestasjonar på sokkelen som følgje av tilleggsløyvinga til tiltak for å auke sikkerheita og beredskapen knytt til ekominfrastruktur på sokkelen, jf. Prop. 23 S (2022–2023) og Innst. 131 S (2022–2023). Vidare er det brukt midlar til IT-utstyr og måleutstyr til frekvenskontrollen.
Det blir foreslått å løyve 16,9 mill. kroner.
Post 70 Telesikkerheit og -beredskap, kan overførast
Det er behov for å styrkje beredskapsevna og gjere ekomnetta meir robuste, mellom anna på grunn av meir ekstremvêr, endra trusselbilete og auka avhengnad av elektronisk kommunikasjon og digitale tenester på tvers av alle sektorar.
Mål for ordninga
Det er eit mål med auka beredskap i krisesituasjonar og ved hendingar. Beredskapsavtalar med utvalde tilbydarar sørgjer for administrative og organisatoriske beredskapstiltak, lagring og vedlikehald av transportabelt beredskapsutstyr og investeringar i ekominfrastruktur og beredskapsmateriell. Dette skal bidra til auka beredskap i krisesituasjonar.
Eit anna mål er at utbygging av forsterka ekom i nye kommunar skal bidra til vesentleg forbedra sikkerheit og beredskap for den lokale kriseleiinga og befolkninga i tilfelle med langvarige straumbrot.
I tillegg er det eit mål at styrking av transportnetta og andre viktige punkt i infrastrukturen gir auka beredskap i sårbare regionar.
Vidare er det et eit mål å sikre forsvarleg drift av systemet for Nødvarsel i tilbydarane sine mobilnett, og av reserveløysing for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet, i tillegg til gjere tiltak for å styrkje sjølve fibersambandet. Ny løysing for prioritet i mobilnetta over 4G- og 5G-nett har blitt lansert hausten 2023, mellom anna for å vareta krisehandtering.
Til sist er det eit mål å kunne bidra til å vareta sikkerheit og beredskap med dei raske endringane i den sikkerheitspolitiske situasjonen. Til dømes er fleire sikringstiltak implementert for ekominfrastrukturen på norsk sokkel etter Russland sin invasjon av Ukraina og eksplosjonane på gassrøyrleidningane Nord Stream.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at det finst avtalar som aukar beredskapen i krisesituasjonar, at det blir etablert forsterka ekom i nye kommunar, og at det blir gjennomført tiltak som aukar robustheita i sårbare regionar eller som aukar robustheita og sikkerheita i andre delar av ekominfrastrukturen der det blir vurdert som nødvendig. Vidare er forsvarleg drift av systema for Nødvarsel over mobilnetta og reserveløysinga for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet eit kriterium for måloppnåing.
Tildelingskriterium
Tiltaka blir gjennomførte i medhald av ekomlova § 2-10 andre ledd etter konkrete vurderingar av sårbarheit, og midlar blir tildelte til tiltak som ikkje blir gjennomførte på kommersielt grunnlag, og som ikkje kan påleggast etter ekomlova § 2-10 første ledd.
Oppfølging og kontroll
Tiltaka blir gjennomførte i medhald av ekomlova § 2-10 andre ledd, og går ut over det tilbydarane vil gjere på kommersielt grunnlag og ut over det som kan påleggast utan kostnadsdekning. For å minimere tilskotsbehovet blir tiltaka konkurranseutsette der det er konkurransemessig grunnlag for å gjere det. Konkurranseutsetting blir sikra via kontraktar med tilskotsmottakarar, som gjennomfører konkurranseutsettinga. Desse mekanismane bidrar til effektiv bruk av dei statlege midlane.
Tiltaka blir vurderte i forhold til statsstøtteregelverket, inkludert vurdering av eventuell eigennytte for tilskotsmottakar som i så fall kjem til fråtrekk på tilskot.
For å sikre størst mogleg samfunnsmessig gevinst og synergieffektar, blir dei fleste tiltaka prioritert og administrert i samråd med lokale og nasjonale tilbydarar, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og statsforvaltarane.
Innhaldet og krava i både beredskapsavtalane og avtalane om forsterka ekom-utbygging, blir vurdert kontinuerleg. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp gjennomføring, mottar rapportering undervegs og stiller krav om sluttrapportering for å etterkontrollere alle tiltaka.
Rapport
Det vart løyva 260,5 mill. kroner til sikkerheit og beredskap i 2022, inkludert tilleggsløyvingar til mobilbasert befolkningsvarsling og oppgradert reserveløysing for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet ved Stortingets behandling av Prop. 78 S (2021–2022) og tilleggsløyvingar til tiltak for å styrkje ekominfrastrukturen på sokkelen og oppgradert prioritetsabonnementsteneste ved Stortingets behandling av Prop. 23 S (2022–2023).
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit hadde beredskapsavtalar med seks ulike tilbydarar i 2022 og har inngått nye beredskapsavtalar med desse tilbydarane for 2023. I tillegg har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit inngått ein avtale om drift av anlegg med fortifikatorisk sikring med Telenor.
Ordninga med prioritet i mobilnetta har til no berre fungert for 2G-nett. Hausten 2023 vart det innført ein ny ordning i 4G- og 5G-netta, og staten dekker kostnadar som tilbydarane har for denne oppgraderinga.
I program for forsterka ekom vart det i 2023 sett i gong tiltak i åtte nye kommunar i Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal. Tiltaka gir auka beredskap for mobildekninga for befolkninga og lokal kriseleiing, mellom anna ved langvarige straumbrot. Totalt er det løyvd midlar til slik forsterka mobilberedskap for 91 kommunar sidan oppstart i 2014.
Tiltaka for å styrkje transportnetta og andre sårbare punkt i netta i Finnmark vart fullført i 2022. Tilsvarande tiltak for Troms vart sette i verk i 2022 og 2023, og tiltaka vil auke sikkerheita og beredskapen for digital kommunikasjon i regionen og landsdelen. I 2022 og 2023 gjennomførte Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit òg ein omfattande risiko- og sårbarheitsanalyse for Nordland, som inkluderte både synfaringar og dialog med lokale myndigheiter, tilbydarar og statlege aktørar. Det blir planlagt å setje i verk tiltak for å styrkje Nordland i 2023 og 2024. Det er òg starta ei analyse av risiko og sårbarheiter i Trøndelag.
Tiltak for å styrkje sikkerheita og beredskapen knytt til ekominfrastrukturen på norsk kontinentalsokkel har blitt sett i verk i 2023, mellom anna undersøkingar av undersjøisk infrastruktur og nye system for å detektere uønskte hendingar. Ei treårig avtale for utvida reserveløysing for kommunikasjon til Svalbard vart inngått og etablert i 2022 og er vidareført i 2023, og systemet for mobilbasert befolkningsvarsling, Nødvarsel, vart lansert i februar 2023 og vil vidareutviklast gjennom året. Samla gir desse tilleggsløyvingane gjennom året vesentlege bidrag til auka samfunnssikkerheit og -beredskap.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I 2024 skal Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit inngå nye beredskapsavtalar med utvalde tilbydarar, mellom anna for gjenoppretting av mobildekning, og avtale om vidare drift av fortifikatoriske anlegg med Telenor. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal setje i verk forsterka ekom i nye kommunar i 2024. Det langsiktige målet er å etablere eitt område i alle sårbare kommunar i landet med forsterka mobilkommunikasjon.
Midlar på posten skal i 2024 bidra til drift av systemet for mobilbasert befolkningsvarsling, Nødvarsel, og av reserveløysinga for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet, og til styrking av fiberforbindelsen mellom Svalbard og fastlandet inkludert fullføring av pågåande tiltak.
I tillegg kan det bli aktuelt å gjennomføre andre tiltak på kort varsel i lys av den sikkerheitspolitiske situasjonen eller som følgje av ny kunnskap eller konkrete hendingar, inkludert til dømes ytterlegare tiltak knytt til infrastruktur på sokkelen.
Det blir foreslått å løyve 188 mill. kroner.
Post 71 Funksjonell internettilgang til alle, kan overførast
Mål for ordninga
Husstandar og små og mellomstore verksemder som ikkje kan få eit tilbod om funksjonell internettilgang gjennom marknadsbasert utbygging eller gjennom eksisterande offentlege verkemiddel, skal sikrast moglegheit for funksjonell internettilgang gjennom innkjøpsordninga.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er talet på husstandar og små og mellomstore verksemder som får funksjonell internettilgang gjennom ordninga.
Tildelingskriterium
Kriterium for tildeling blir fastsetje i forskrift.
Husstandar og heilårlege og sesongbaserte verksemder med under 100 tilsette som ikkje har eit tilbod om funksjonell internettilgang, kvalifiserer for støtte gjennom ordninga. Funksjonell internettilgang skal forståast som breibandtilgang med moglegheit til tilkopling til internett som gir minimum 30 Mbit/s nedlastingshastigheit og minimum 5 Mbit/s opplastingshastighet.
Det skal vere ein eigenandel for støttemottakarar på 5 000 kroner og eit øvre tak for statleg støtte på 400 000 kroner.
Det vil bli fastsett ei rekke krav til tilbodet som blir etablert, irekna krav til minimumsnivå på datapakkar, krav om abonnementspris på nivå med marknadsprisar og krav til feilretting eller kompensasjon ved nedetid.
Oppfølging og kontroll
Ordninga skal forvaltast av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Etaten vil kontrollere opplysningar i samband med søknadsbehandlinga og kontrollere at krav og forpliktingar som er fastsette i forskrifta blir oppfylte. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vil rapportere til Kommunal- og distriktsdepartementet om bruk av ordninga. Ordninga skal evaluerast jamleg.
Rapport
Ordninga var ny frå 2022. Utkast til tilskotsregelverk var på høyring i 2021. I 2022 og 2023 har departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit arbeidd vidare med å fastsetje forskrifta med tilskotsregler. Det har oppstått ein del praktiske spørsmål knytt til ordninga, inkludert om statsstøtteregelverk, og departementet tar sikte på at forskrifta skal tre i kraft i 2024.
Tenestene som blir tilbydd og behova for hastigheiter på breiband endrar seg raskt. Derfor er ordninga endra til at 30 Mbit/s er minimumshastigheit på breibandstilbodet som blir bygd ut, jf. omtale i Prop. 23 S (2022–2023) og Prop. 118 S (2022–2023). I same proposisjonar blir det opplyst at det er funksjonell internettilgang, og ikkje berre telefonteneste, som skal kunne anskaffast. Departementet understrekar at dei som får etablert funksjonell internettilgang, òg vil kunne bruke denne tilgangen til telefonteneste.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 10,6 mill. kroner.
Kap. 3543 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Diverse gebyr | 308 | 309 | 322 |
70 | Inntekter frå gjennomførde frekvensauksjonar | 609 400 | 583 600 | |
Sum kap. 3543 | 308 | 609 709 | 583 922 |
Post 01 Diverse gebyr
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine utgifter på kap. 543, postane 01 og 45 blir i hovudsak dekka av inntekter frå sektoravgifter og gebyr. I tillegg skal inntektene dekke meirverdiavgift som blir belasta sentralt på kap. 1633, post 01.
I sjølvfinansieringsordninga inngår ikkje 10 mill. kroner i refusjon til drift av Radiostøykontrollen og 0,9 mill. kroner til å rettleie fylkeskommunane i samband med tilskot til breibandutbygging.
Det blir foreslått å løyve 322 000 kroner i gebyrinntekter. Dette består i hovudsak av gebyr knytt til løyve for radioamatørar og gebyr for radioutstyr i luftfartøy.
Post 70 Inntekter frå gjennomførde frekvensauksjonar
Posten vart oppretta i 2023, jf. Prop. 1 S Tillegg 2 (2022–2023) og Innst. 13 S (2022–2023). Posten omfattar inntekter frå gjennomførte frekvensauksjonar.
Frekvensar utgjer ein verdifull og avgrensa naturressurs, som er ein nødvendig innsatsfaktor for å kunne tilby mellom anna mobile ekomtenester og annan samfunnsviktig infrastruktur. Kommunal- og distriktsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar frekvensressursane i Noreg. Ved tildelingar av frekvensar der det er konkurranse om ressursane, brukar ein som hovudregel auksjon som genererer inntekter for staten.
Auksjonen av frekvensbanda omkring 2,6 og 3,6 GHz til mobilkommunikasjon og 5G vart halden av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i september 2021. Det vart opna for at vinnarane i denne auksjonen kunne betale auksjonsprovenyet over tid. Alle vinnarane i auksjonen valde dette. Anslått inntekt i 2024 frå auksjonen av dei nemnde frekvensbanda er 583,6 mill. kroner.
Det vil tilkome inntekter frå tildeling av frekvensbandet omkring 1 500 MHz i 2024. Vidare vil det kunne tilkome inntekter frå tildeling av 26 GHz-bandet da dette som utgangspunkt vil vere tilgjengeleg frå 2024. Dersom det blir gjort bruk av nedbetalingsordningar, vil betalinga sannsynlegvis fordelast over fem år. Det er ikkje mogleg å angi størrelsen på desse inntektene på førehand.
Det blir foreslått å løyve 583,6 mill. kroner.
Kap. 5570 Sektoravgifter under Kommunal- og distriktsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
70 | Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | 253 440 | 262 613 | 281 165 |
Sum kap. 5570 | 253 440 | 262 613 | 281 165 |
Post 70 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Sektoravgiftene og gebyra skal i hovudsak dekke Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine utgifter som er budsjettert på kap. 543, postane 01 og 45, og meirverdiavgift på kap. 1633, post 01.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit administrerer og tildeler 5-sifra nummer direkte til organisasjonar og verksemder. Inntektene blir ført på kap. 5583 Særskilte avgifter mv. i bruk av frekvensar, post 70 Avgift på frekvensar mv. Sektoravgifter for å dekke kostnadane med å administrere ordninga blir inntektsført på kap. 5570, post 70.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner for å styrkje Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit på sikkerheitsområdet, jf. omtale under kap. 543, post 01.
Samla blir det foreslått å løyve 281,2 mill. kroner.
Programkategori 13.45 Personvern
Utgifter under programkategori 13.45 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
545 | Datatilsynet | 68 410 | 78 127 | 82 241 | 5,3 |
546 | Personvernnemnda | 1 886 | 2 641 | 2 778 | 5,2 |
Sum kategori 13.45 | 70 296 | 80 768 | 85 019 | 5,3 |
Inntekter under programkategori 13.45 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3545 | Datatilsynet | 20 207 | 0,0 | ||
Sum kategori 13.45 | 20 207 | 0,0 |
Innleiing
Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for personvernpolitikken og ansvaret for personopplysningsforskrifta. Departementet har òg det administrative ansvaret for Datatilsynet og Personvernnemnda. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for personopplysningslova. Arbeidet i departementa skal bidra til at det blir tatt omsyn til personvern i utforming av politikk og regelverk. Personvernomsyn og den generelle personvernreguleringa gjeld for alle sektorar. Kvart departement har ansvaret for å ivareta personvernregelverket og personvernomsyn i sin sektor. Personvernarbeidet i Kommunal- og distriktsdepartementet er nært knytt til departementet sitt arbeid med både forvaltningspolitikk og IT-politikk.
Mål for programkategorien
Eit godt personvern for alle
Mål 1 Eit godt personvern for alle
Personvern er ein menneskerett. Reglar som skal sikre personvernet finst i både Grunnlova, personopplysningslova og særlovgjeving. Reglane skal verne den enkelte mot at personvernet blir krenkt ved behandling av personopplysningar. Samstundes skal reglane verne den personlege integriteten til kvar enkelt. Kjennskap til reglane er viktig, og det er eit mål for regjeringa at innbyggarane skal få meir kunnskap om personvern.
Auka digitalisering og den teknologiske utviklinga kan utfordre viktige personvernomsyn. Regjeringa ønsker å verne innbyggarane mot digital overvaking og påverknad, mellom anna ved å stille strengare vilkår for deling av data frå private verksemder der slik deling inneber ein personverntrugsel. Departementets arbeid skal støtte opp om aktivitetar og tiltak i Datatilsynet i samsvar med dei oppgåvene tilsynet er gitt i personvernregelverket.
Berekraftsmåla
Godt personvern bidreg til å sikre at innbyggarane har tillit til samfunnet, og er derfor viktig for berekraftsmål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar. Eit godt personvern støttar oppunder utviklinga av effektive, ansvarlege og opne institusjonar. Det bidreg òg til å sikre allmenn tilgang til informasjon og verne om grunnleggande friheiter i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale reglar.
Kap. 545 Datatilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 68 410 | 78 127 | 82 241 |
Sum kap. 545 | 68 410 | 78 127 | 82 241 |
Datatilsynet er eit forvaltningsorgan med både tilsyns- og ombodsoppgåver. Datatilsynet fører tilsyn etter personopplysningslova og personvernforordninga, pasientjournallova, helseregisterlova, helseforskingslova, politiregisterlova og lov om Schengen informasjonssystem. Verksemda bruker tilsyn, saksbehandling og andre verkemidlar i arbeidet med å kontrollere at regelverket blir følgd og at manglar blir retta. Datatilsynet deltek også aktivt i personverndebatten.
Post 01 Driftsutgifter
Rapport
Personvern er eit tema som gjer seg gjeldande på dei fleste samfunnsområde. Hovudmålet på personvernområdet er at alle skal ha eit godt personvern. For å nå dette målet er det viktig at den enkelte kjenner og kan vareta rettane sine, og at norske verksemder i både offentleg og privat sektor kjenner og etterlev pliktane sine. Rettleiing og informasjonsverksemd er derfor prioriterte oppgåver for Datatilsynet.
Rapporteringsperioden har vore prega av ein svært stor auke i saksmengda i Datatilsynet. Det kjem inn fleire klager, fleire avviksmeldingar og fleire innsynsførespurnader enn tidlegare. Totalt registrerte Datatilsynet 3 519 nye saker i 2022, mot 2 474 i 2021. Kvar sak inneheld fleire dokument enn tidlegare, og det vart journalført 229 fleire dokument i 2022 enn året før. Mange klager gjeld feil behandling av personopplysningar i register. Meldingar om avvik skuldast ofte feilsending eller feilpublisering av personopplysningar, eller manglande tilgangsstyring i store datasystem. I tillegg til at saksmengda aukar, blir sakene stadig meir omfattande og krevjande.
I rapporteringsperioden behandla Datatilsynet fleire slike store og krevjande saker. Mellom anna vart dei to store sakene om brot på informasjonssikkerheiten på Stortinget og i Østre Toten kommune ferdigbehandla i 2022. Tilsynet har òg behandla fleire saker som gjeld informasjonssamfunnstenester, med særleg fokus på innsamling og deling av personopplysningar i annonseindustrien. I tillegg til ordinære saker, legg Datatilsynet mykje ressursar i utvalde høyringssaker med potensielt store konsekvensar for innbyggarane sitt personvern. I 2022 var endringar i etterretningstenestelova og endringar i PSTs rett til å samle inn og lagre opent tilgjengeleg informasjon frå internett to slike høyringssaker.
Den auka saksmengda har også ført med seg ein stor auke i talet på førespurnader om dokumentinnsyn. I 2022 fekk Datatilsynet 6 916 slike førespurnader mot 3 671 i 2020. Behandling av innsynsførespurnader legg beslag på mykje ressursar i tilsynet.
Også det internasjonale arbeidet aukar i omfang. Datatilsynet er aktive i det europeiske personvernarbeidet. Dei deltek mellom anna i alle dei tolv undergruppene i Det europeiske personvernrådet (EDPB). EDPB behandlar også fleire store saker om behandling av personopplysningar med konsekvensar i fleire europeiske land. Det norske Datatilsynet deltek aktivt i dette arbeidet, anten som leiande tilsynsmyndigheit med ansvar for saka, eller som tilsynsmyndigheit som sakene vedkjem. Gjennom dette arbeidet har dei moglegheit til å påverke rettsutviklinga på personvernområdet i Europa.
I tillegg til saksbehandling, driv Datatilsynet ein telefonbasert rettleiingsteneste. I 2022 handterte tenesta 5 331 samtaler. Om lag 40 pst. av dei som kontaktar tenesta er verksemder, medan litt over 50 pst. er privatpersonar. Resten av samtalene kjem frå personvernombod. Spørsmåla femner breitt, og gjeld mellom anna kommuneadministrasjon, skule og barnehage, transport, telekom og helse.
Sidan 2021 har Datatilsynet drifta eit prøveprosjekt med ei regulatorisk sandkasse for personvernvenleg kunstig intelligens. Frå 2023 er sandkassa permanent, og femner personvernvenleg digitalisering og innovasjon. I sandkassa kan offentlege og private verksemder få tilpassa og dialogbasert rettleiing slik at dei kan utvikle og ta i bruk kunstig intelligens på ein personvernvenleg måte. Dette legg grunnlag for tillit mellom dei som tilbyr KI-baserte tenester og dei som bruker tenestene. I 2022 vart det publisert sluttrapportar frå seks prosjekt som omfatta mellom anna helse, arbeidsliv, skule og arkivering. I tillegg vart det tatt inn tre nye prosjekt i sandkassa. Det blir lagt vekt på at prosjekta skal vere innovative, samfunnsnyttige og bidra til eit godt personvern. Det er viktig at erfaringar frå prosjekta kjem flest mogleg til nytte. Ekstern kommunikasjon for å spreie læring frå prosjekta er derfor ein prioritert aktivitet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Datatilsynet har ein særleg uavhengig stilling, jf. personopplysningslova § 20 og personvernforordninga artikkel 52. Som følgje av dette står Datatilsynet fritt til å foreta dei faglege prioriteringane under målet om eit godt personvern for alle. Løyvinga på posten skal nyttast i tråd med dei faglege prioriteringane tilsynet gjer, men likevel slik at 7 mill. kroner blir brukt til den regulatoriske sandkassa for personvernvenleg innovasjon og digitalisering.
Det blir foreslått å løyve 82,2 mill. kroner.
Kap. 3545 Datatilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Inntekter ved oppdrag | 20 207 | ||
Sum kap. 3545 | 20 207 |
Post 01 Inntekter ved oppdrag
Posten vart avvikla frå 2023 og inntektene blir ført på post 85.
Post 85 Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt
Inntekter som blir ført på denne posten kjem frå gebyr og tvangsmulkt for brot på personopplysningsreglane.
Kap. 546 Personvernnemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 886 | 2 641 | 2 778 |
Sum kap. 546 | 1 886 | 2 641 | 2 778 |
Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet. Nemnda er ein del av det nasjonale verkemiddelapparatet for å sikre effektiv handheving av personvernreglane.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker i hovudsak utgifter til løn og drift av Personvernnemndas sekretariat. Løyvinga skal også dekke reiseutgifter og godtgjersle til medlemane, og sakskostnader i saker der parten blir tilkjend dette.
Rapport
Personvernnemnda har sju medlemer som alle er oppnemnde for fire år om gangen med moglegheit for ei gjenoppnemning. Dei noverande medlemene er oppnemnde for perioden 2021–2024. Nemnda er breitt fagleg samansett og er godt rusta til å gjere krevjande vurderingar i saker der personvern skal vegast mot andre samfunnsomsyn. I 2022 behandla nemnda totalt 19 saker, mot 26 året før. Fleire av sakene har vore store og komplekse, og det har vore nødvendig å behandle dei over fleire møte. Til dømes vart to ulike saker om sletting i søkemotoren Google behandla i høvesvis to og tre møte.
Klagesakene som kjem inn til nemnda gjeld alt frå kameraovervaking, kredittvurdering, overvaking i arbeidstilhøve og informasjonstryggleik og behandling av personopplysningar i helsesektoren. Dette er eit klart teikn på at personvern gjer seg gjeldande på dei aller fleste samfunnsområde.
I april 2022 vart medlem Line Coll løyst frå vervet i nemnda då ho vart utnemnd til direktør i Datatilsynet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Personvernnemnda si einaste oppgåve er å behandle klager over vedtak fatta av Datatilsynet. Nemnda skal ha som mål å skrive gode vedtak som kan gi rettleiing i seinare liknande saker. Samstundes skal saksbehandlingstida haldast så låg som mogleg.
Det blir foreslått å løyve 2,8 mill. kroner.
Programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk
Utgifter under programkategori 13.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
553 | Regional- og distriktsutvikling | 1 466 447 | 1 185 724 | 1 447 765 | 22,1 |
554 | Kompetansesenter for distriktsutvikling | 99 686 | 95 100 | 105 130 | 10,5 |
Sum kategori 13.50 | 1 566 133 | 1 280 824 | 1 552 895 | 21,2 |
Innleiing
Distrikts- og regionalpolitikken skal skape grunnlag for at folk skal kunne bu, arbeide og leve eit godt liv i heile Noreg. Regjeringa la i juni 2023 fram ei melding til Stortinget om distriktspolitikk. Distriktsmeldinga viser tiltak som allereie er sett i verk og saker under arbeid i departementa.
Programkategori 13.50 gir handlingsrom for å realisere distriktspolitikken. Det er ein målretta innsats mot særleg strategisk viktige område der utfordringane ikkje kan løysast av sektorpolitisk innsats aleine. Regjeringa foreslår at det blir løyvd om lag 1,5 mrd. kroner under programkategorien.
Ein vellykka distrikts- og regionalpolitikk føreset innsats på ei rekke politikkområde. Regjeringa syner mellom anna til forslaga om auka tilskot til breiband, auka løyve til eit forbetra FOT-rutetilbod, inkludert halvering av prisane og auka setekapasitet, reduserte barnehageprisar i kommunar i sentralitet 5 og 6, og tiltak for å styrkje lokalt politi. Regjeringa foreslår òg å auke Finnmarksfradraget og å styrkje ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift gjennom auka fribeløp.
Vedlegg 1 gir ei oversikt over verkemiddel under andre politikkområde, som enten er grunngitt i distriktspolitiske mål, eller som er særleg viktige for distriktsområde. Samla foreslår regjeringa å løyve om lag 67,4 mrd. kroner til dette, ein vekst på 11,6 pst. frå 2023.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ei samordningsrolle i saker som har betyding for regional- og distriktspolitiske mål, og skal bidra til at regjeringa sin politikk i sum støttar opp under dette målet (sjå del 1 Ein aktiv distriktspolitikk). Departementet har òg eit særskilt ansvar for å samordne regjeringa sin nordområdepolitikk, koordinere regjeringa sitt arbeid med lokalisering av statlege arbeidsplassar og å arbeide for at EØS-regelverket for offentleg regionalstøtte gir handlingsrom for regional- og distriktspolitikken.
Det er fleire aktørar som bidrar i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal, ut frå regionale fortrinn og prioriteringar, gi oppdrag og fordele delegerte tilskot som skal mobilisere og utvikle verksemder og gründerar. Innovasjon Noreg, Siva og Noregs forskingsråd forvaltar verkemidla på oppdrag frå fylkeskommunane og departementet. Innovasjon Noreg skal utløyse verksemds- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling og dei næringsmessige moglegheitene i regionane. Siva skal, gjennom fysisk og organisatorisk infrastruktur, utvikle oppstarts- og innovasjonsmiljø og verksemdfellesskap. Forskingsrådet skal arbeide for at næringslivet etterspør meir forsking og kunnskap, at verksemder forskar meir og at forskingsresultat i større grad blir tatt i bruk. Kommunane skal vere pådrivarar for lokal samfunns- og næringsutvikling, og sikre velfungerande tenestetilbod tilpassa lokale behov og føresetnadar.
Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) skal arbeide for at kommunane blir gode samfunnsutviklarar. Senteret skal bidra til å koordinere og målrette lokal utviklingsinnsats gjennom samarbeid, nettverksbygging og erfaringsutveksling. Distriktssenteret forvaltar òg Merkur-programmet, som skal sikre område med få innbyggarar tilgang til grunnleggande private tenester, med vekt på daglegvarer og drivstoffstilbod.
Kommunal- og distriktsdepartementet tek over ansvaret for det norske Barentssekretariatet frå Utanriksdepartementet 1. januar 2024. Hovudvekta av Barentssekretariatet sine aktivitetar framover vil rette seg mot internasjonalt samarbeid med dei nordlege finske og svenske regionane, irekna urfolkssamarbeid, der hensikta er å fremje samfunnsutvikling i Nord-Noreg.
Mål for programkategorien
Næringsutvikling, verdiskaping og attraktive arbeidsmarknader i regionar og distrikt
Regional utvikling over landegrensene og i nordområda
Styrkt utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta
Mål 1 Næringsutvikling, verdiskaping og attraktive arbeidsmarknader i regionar og distrikt
Regjeringa vil føre ein politikk for sterkare fellesskap, utvikling og verdiskaping i heile landet.
Det er framleis låg arbeidsløyse og høg aktivitet i norsk økonomi, sjølv om veksten er i ferd med å bli dempa noko. Høg prisvekst, aukande rente og låg kronekurs pregar situasjonen, og utviklinga framover er usikker. Dei demografiske utfordringane, som er størst i distrikta, skapar kamp om arbeidskrafta og stiller store krav til omstilling og vidareutvikling av næringslivet. Næringslivet i distrikta må òg omstille seg for å møte klimakrav og marknadsmoglegheiter i det grøne skiftet.
To distrikts- og regionalpolitiske tilskot vart innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane i 2020, med særskild fordeling. I Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 la departementet opp til at midlane til distrikts- og regionalpolitiske tilskot skal førast tilbake til øyremerka ordningar frå 2024. Departementet foreslår at midlane går inn i ordningar som er målretta mot sentrale utfordringar i distrikts- og regionalpolitikken i dag, innanfor rammene av føremålet med postane som vart innlemma. Sjå kap. 553, post 60 Kompetanse og arbeidskraft i distrikta og kap. 553, post 65 Omstilling og utvikling i område med særlege distriktsutfordringar.
Ein forsterka statleg lokaliseringspolitikk er ein del av innsatsen til regjeringa for ei meir balansert utvikling i landet. Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. Hausten 2022 reviderte og styrkte regjeringa retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Regjeringa vil i tillegg legge betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder.
Regjeringa vil bidra til meir målretta og samordna innsats i distrikts- og regionalpolitikken ved hjelp av regionvekstavtaler. Regionvekstavtaler skal styrkje samordninga av ulike offentlege tiltak og verkemiddel, slik at den samla innsatsen treff betre. Regionvekstavtaler skal vere eit verktøy for meir effektiv og koordinert innsats frå staten og fylkeskommunen for å møte store samfunnsutfordringar i det enkelte fylke.
Under programkategori 13.50 støttar følgjande postar opp under målet:
kap. 553, post 60 Kompetanse og arbeidskraft i distrikta
kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling
kap. 553, post 65 Omstilling og utvikling i område med særlege distriktsutfordringar
kap. 553, post 67 Utviklingstiltak i Andøy kommune
kap. 553, post 69 Mobilisering til forskingsbasert innovasjon
kap. 553, post 71 Investeringstilskot for store grøne investeringar
kap. 553, post 74 Klyngjer og innovasjon
Mål 2 Regional utvikling over landegrensene og i nordområda
Regjeringa vil bidra til regional utvikling gjennom samarbeid over landegrensene og i nordområda.
Regjeringa definerer nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde. Regjeringa ønskjer ein ny giv i nordområdepolitikken og ei positiv utvikling i Nord-Noreg, med trygge arbeidsplassar, tilgang til arbeidskraft, tenester nær folk og ein godt utvikla infrastruktur i heile regionen. God tilrettelegging for grenseoverskridande lokalt og regionalt samarbeid og kunnskapsutvikling skal bidra til å løyse utfordringar i nordområda. Kommunal- og distriktsdepartementet tek over arbeidet med å koordinere regjeringa sin nordområdepolitikk, og ansvaret for det norske Barentssekretariatet frå Utanriksdepartementet. Grensekryssande regionalpolitisk samarbeid i nord ligg i Kommunal- og distriktsdepartementet. Utanriksdepartementet har framleis ansvaret for internasjonalt og mellomstatleg samarbeid i Arktis. Målet er å styrkje innsatsen i nordområda. Regjeringa samarbeider med både nordiske, europeiske og arktiske statar for å ta vare på norske interesser i nordområda, og sikre at Arktis held fram med å vere ein fredeleg og stabil region.
Mange samfunnsutfordringar, som tilgang til kvalifisert arbeidskraft og berekraftig nærings- og transportutvikling, er grenseoverskridande og kan løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Norske (grense)kommunar samarbeider òg over grensene om mellom anna utvikling av offentlege tenester og berekraftig forvalting av ressursane. Interreg-prosjekta kan utvikle seg til større satsingar med stor strategisk verdi for regionane.
Under programkategori 13.50 støttar følgjande postar opp under målet:
kap. 553, post 63 Interreg, Arktis 2030 og det norske Barentssekretariatet
kap. 553, post 76 Nordisk og europeisk samarbeid
Mål 3 Styrkt utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta
Regjeringa er opptatt av gode tenester nær folk, og ein offentleg sektor som er til stades i lokalsamfunnet. Alle kommunar bør vere attraktive for busetting, og ha eit velfungerande tenestetilbod tilpassa lokale behov og føresetnadar.
Utfordringar som følgje av spreidd busetting, auke i talet på eldre og reduksjon i folketalet stiller store krav til arbeid med utvikling av lokalsamfunnet og tenester. Dette krev at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og utviklingskapasitet for å legge til rette for ei positiv samfunnsutvikling, og for innovasjon og fornying i kommunen sine tenester og arbeidsformer. Distriktssenteret skal i samarbeid med regionale aktørar støtte opp om dette arbeidet i distriktskommunane. Distriktssenteret skal òg gjennom Merkur-programmet støtte opp om butikkar i lokalsamfunn med små marknader.
Bygdevekstavtaler skal bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling. Ordninga blir testa ut og utvikla i nokre pilotkommunar i område med betydelege distriktsutfordringar, i forpliktande samarbeid med statlege aktørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. I 2022 vart fem pilotar valt ut til testing av avtaler som nytt distriktspolitisk verkemiddel. Hausten 2023 vert fleire pilotar valt ut til ein ny pulje.
Med pilot nærtenestesenter vil regjeringa teste ut ulike modellar for å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege.
Under programkategori 13.50 støttar følgjande postar opp under målet:
kap. 553, post 64 Pilot nærtenestesenter
kap. 553, post 66 Bygdevekstavtaler
kap. 554, post 01 Kompetansesenter for distriktsutvikling
kap. 554, post 73 Merkur
Boks 5.1 Distriktsindeksen
Distriktsindeksen er eit verktøy for å peike ut distriktskommunar som treng distriktspolitiske verkemiddel, og gir ei rangering av kommunane etter grad av distriktsutfordringar. Kommunane med dei lågaste verdiane har dei største distriktsutfordringane. Distriktsindeksen vart revidert i 2020 og presentert i kommuneproposisjonen for 2021. Indeksen inneheld fire indikatorar: sentralitetsindeksen til SSB, vekst i folketal dei ti siste åra, vekst i sysselsetting dei ti siste åra og einsidig næringsstruktur.
Distriktsindeksen blir brukt i fastsettinga av differensiert arbeidsgivaravgift og verkeområdet for investeringsstøtte, og i fordelinga av distriktspolitiske verkemiddel til fylkeskommunane. I distriktstilskot Sør-Noreg og distriktstilskot Nord-Noreg i inntektssystemet for kommunane i 2024 er distriktsindeksen frå 2017 brukt. Departementet vil vurdere utforminga av desse tilskota i samanheng med oppfølginga av tilrådingane til inntektssystemutvalet i NOU 2022: 10 Inntektssystemet til kommunene.
Berekraftsmåla
Programkategori 13.50 omfattar ei rekke av berekraftsmåla, men det er særleg måla om økonomisk utvikling, innovasjon, berekraftige byar og lokalsamfunn, klima og miljø og samarbeid for å nå måla, som er relevante.
Dei næringsretta postane under 13.50 finansierer verkemiddel forvalta av Innovasjon Noreg, Siva og Forskingsrådet. Innovasjon Noreg rapporterer på miljøeffekten for sine tildelingar, klassifisert etter EU sin taksonomi for berekraftsmåla.1 Berekraft er sentralt i måltala i Siva sine nye næringshage- og inkubasjonsprogram. Det er først i Prop. 1 S (2024–2025) at Siva vil kunne rapportere på dette. Forskingsrådet legg vekt på at prosjekta skal bidra til berekraftig utvikling. Både Innovasjon Noreg og Siva rapporterer på indikatorar for økonomisk utvikling, innovasjon og geografisk nedslag.
Verkemiddelapparatet jobbar med å innføre felles standardar for rapportering av miljø og berekraft frå og med 2024, basert på EU sin taksonomi for berekraftsmåla. Løysinga vil innebere miljøklassifisering av alle prosjekt i ordningane som er omfatta. Arbeidet er omtalt under programkategori 17.20 hos Nærings- og fiskeridepartementet.
For alle næringsretta ordningar kan det vere målkonfliktar mellom økonomisk vekst og klima og miljø. Auka produksjon og auka investeringar kan føre til arealbruk, innsatsfaktorar (ressursbruk) og klimagassutslepp. Samstundes kan investeringar som bidrar til grøn omstilling redusere energibruken per produksjon, omstille produksjonslinjer til lågutsleppsløysingar, redusere ressursbruken per konsumeining (mellom anna gjennom sirkulære verdikjeder) og utvikle lågutsleppsløysingar og energiløysingar for vidaresal.
Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling bidrar til sysselsetting og økonomisk vekst (mål 8), industri og innovasjon (mål 9), berekraftige lokalsamfunn (mål 11), og til grøn omstilling (mål 13–15). Om lag halvparten av midlane til Innovasjon Noreg går til prosjekt med positiv miljøeffekt. Bygdevekstavtaler vil særleg bidra til samarbeid for å nå måla (mål 17). Andre aktuelle mål vil variere mellom dei enkelte avtalane.
Investeringstilskot for store grøne investeringar bidrar til sysselsetting og økonomisk vekst (mål 8), industri og innovasjon (mål 9), berekraftig lokalsamfunn (mål 11), og til grøn omstilling (mål 13–15). Ordninga er berre retta mot prosjekt med positiv miljøeffekt.
Klyngjer og innovasjon bidrar til sysselsetting og økonomisk vekst (mål 8), industri og innovasjon (mål 9), berekraftige lokalsamfunn (mål 11), og til grøn omstilling (mål 13–15). Om lag to tredelar av midlane til Innovasjon Noreg går til prosjekt med positiv miljøeffekt.
Omstillingsmidlar til nye arbeidsplassar i kommunar med vesentleg reduksjon i sysselsettinga bidrar til sysselsetting og økonomisk vekst (mål 8), industri og innovasjon (mål 9) og berekraftige lokalsamfunn (mål 11).
Interreg skal bidra til regional utvikling gjennom samarbeid over landegrensene og samarbeid for å nå måla (mål 17). Det overordna målet med EU sin regionalpolitikk er å jamne ut forskjellane mellom regionane (mål 10). Interreg bidrar vidare til rein energi til alle (mål 7), industri, innovasjon og infrastruktur (mål 9), berekraftige byar og lokalsamfunn (mål 11), livslang læring (mål 4) og til å stoppe klimaendringane (mål 13), men òg andre mål som støtter oppunder eit smartare, grønare og meir samanknytt Europa.
Distriktssenteret og Merkur-programmet skal særleg bidra til berekraftige byar og lokalsamfunn (mål 11) og samarbeid for å nå måla (mål 17).
Kap. 553 Regional- og distriktsutvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
60 | Kompetanse og arbeidskraft i distrikta | 62 940 | ||
61 | Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling | 867 170 | 763 728 | 802 091 |
62 | Kompetansepilotar, kan overførast | 17 409 | ||
63 | Interreg, Arktis 2030 og det norske Barentssekretariatet | 91 266 | 101 730 | 145 403 |
64 | Pilot nærtenestesenter, kan overførast | 5 000 | ||
65 | Omstilling og utvikling i område med særskilde distriktsutfordringar | 88 214 | 64 190 | 120 559 |
66 | Bygdevekstavtaler, kan overførast | 25 264 | 76 931 | |
67 | Utviklingstiltak i Andøy kommune | 20 000 | ||
68 | Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder | 250 000 | ||
69 | Mobilisering til forskingsbasert innovasjon | 57 000 | 58 503 | 66 332 |
71 | Investeringstilskot for store grøne investeringar | 100 000 | 101 528 | |
74 | Klyngjer og innovasjon | 71 665 | 54 159 | 28 322 |
76 | Nordisk og europeisk samarbeid, kan overførast | 23 723 | 18 150 | 18 659 |
Sum kap. 553 | 1 466 447 | 1 185 724 | 1 447 765 |
Post 60 (ny) Kompetanse og arbeidskraft i distrikta
Mål for ordninga
Styrkje samsvaret mellom tilbod av og etterspørsel etter utdanning og kompetanse, mobilisere til utdanning og kompetanseheving, legge til rette for desentrale tilbod og å kvalifisere fleire til utdanning og arbeid, i tråd med etterspørselen etter arbeidskraft.
Kriterium for måloppnåing
Auka tilgjengelegheit av desentralisert og fleksibel utdanning og kompetansetiltak som møter lokale og regionale behov for kompetanse og arbeidskraft i distrikta. Styrkt innsats for mobilisering til utdanning og kompetanseheving i offentleg og privat verksemd. Styrkt samarbeid om og utvikling av nye måtar å jobbe på for å kvalifisere fleire som i dag står utanfor, inn i arbeidslivet.
Tildelingskriterium
Fordeling av midlane mellom fylkeskommunane tek utgangspunkt i at alle fylkeskommunane har regionale kompetansebehov og eit regionalt kompetansepolitisk ansvar og rolle, men der behovet for tilrettelegging for utdanning utover dei etablerte studiestadane er særleg stort i distriktsområda. Midlane blir fordelte mellom fylkeskommunane, med unntak av Oslo, med eit grunnbeløp på 3,5 mill. kroner og der resterande midlar blir fordelte gjennom ein distriktskomponent.
Det kan bli gitt tilskot til offentlege og private verksemder. Føremålet med tiltaket skal vere i tråd med regionale planar for næringsutvikling og kompetanseutvikling. Fylkeskommunane skal prioritere dei prosjekta som i størst grad bidrar til måloppnåing for ordninga.
Fylkeskommunane kan forvalte midlane sjølve eller etablere eigne regionale støtteordningar. Midlane skal ikkje rettast mot enkeltpersonar eller enkeltverksemder og kan ikkje finansiere ordinær drift av verksemder på permanent basis.
Oppfølging og kontroll
Midlane blir forvalta av fylkeskommunane, som sjølve vel korleis dei organiserer arbeidet. Kriteria for måloppnåing blir følgd opp gjennom årleg rapportering. Departementet skal i samarbeid med fylkeskommunane utarbeide forskrift for ordninga.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Etterspørselen etter kompetent arbeidskraft er stor mange stader, både i offentleg og privat sektor. Den demografiske utviklinga og omstilling i økonomien gir auka konkurranse og nye behov for kvalifisert arbeidskraft i arbeidsmarknadene. Det er behov for å styrkje samsvaret mellom tilbod på utdanning og etterspørsel etter nødvendig arbeidskraft og kompetanse, mobilisere fleire til relevant utdanning og kompetanseheving, legge til rette for betre desentrale tilbod og å vidareutvikle og styrkje samhandling omkring kvalifisering av fleire folk som i dag står utanfor arbeidslivet.
Midlane kan bidra til at fleire tilsette i offentlege og private verksemder i distrikta nyttar seg av etter- og vidareutdanningstilbod, bidra til at fleire unge og vaksne tar utdanning desentralisert eller fleksibelt, og kan legge til rette for regionalt og lokalt tilpassa tiltak som kan få fleire ut i arbeidslivet, gjennom styrkt samarbeid og fellesprosjekt mellom ulike aktørar. Midlane kan styrkje lokale eller regionale miljø med å legge til rette for og mobilisere til desentralisert utdanning. Ordninga skal bidra til å styrkje tilgangen på desentraliserte utdanningstilbod og tilbod om etter- og vidareutdanning som speglar behova for kvalifisert arbeidskraft i ulike område.
Det blir foreslått å løyve 62,9 mill. kroner, som er overført frå kap. 572, post 60 Innbyggartilskot, rammetilskotet til fylkeskommunane, til den nye ordninga. Fylkeskommunane kan sjølv prioritere innanfor målet for ordninga.
Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at fylkeskommunane kan disponere midlane uavhengig av kva år løyvinga vart gitt.
Post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling
Midlane blir tildelt fylkeskommunane, som gir oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva for ein portefølje av verkemiddel retta mot verksemder, sjå boks 5.2. Fylkeskommunane har òg moglegheita til å gi oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva for mobiliseringsarbeid. Innanfor måla og kriteria i ordninga, blir dei regionale oppdraga innretta etter regionale mål, behov og prioriteringar.
I 2022 omfatta post 61 òg ordninga Investeringstilskot for store grøne investeringar. Denne ordninga vart frå 2023 flytta til post 71. Rapport for 2022 er omtalt under post 71.
Mål for ordninga
Ordninga skal mobilisere verksemder til innovasjon og utvikling og føre til vekst i verdiskaping, sysselsetting og nyskaping i regionane. Vidare skal ordninga bidra til å utløyse ny aktivitet i næringslivet i distriktsområda som ikkje blir tatt vare på gjennom nasjonale verkemiddel. Ordninga skal òg hjelpe til å styrkje verksemdene si grøne konkurransekraft.
Innsatsen skal bli målt etter følgjande kriterium for måloppnåing:
Utviklinga i verdiskaping, omsetning2, sysselsetting og nyskaping for verksemdene som deltek i programma, òg status og utvikling i programma. Kriteria varierer mellom verkemidla.
Del av verkemidla som når fram til verksemder med kvinneleg leiar eller eigar, eller som blir definert som «kvinneretta».3
Del av tildelingane som går til prosjekt med positiv miljøeffekt.
Boks 5.2 Verkemiddel
Fylkeskommunen kan bruke følgande verksemdsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta, forvalta av Innovasjon Noreg:
Distriktsretta risikolån kan bli gitt til toppfinansiering av venta lønsame investerings- og utviklingsprosjekt som er vanskelege å finansiere i den private kredittmarknaden. Låna kan bli innvilga både til nyetableringar og etablerte verksemder.
Distriktsretta garantiar for driftskreditt, og unntaksvis for lån, blir òg gitt til verksemder som manglar pantetryggleik for lånefinansiering i bank.
Investeringstilskot kan bli gitt til fysiske investeringar som produksjonslokale eller produksjonsutstyr, og blir primært gitt til små og mellomstore verksemder.
Bedriftsutviklingstilskot kan bli gitt til rådgivingstenester, kompetansetiltak og forprosjekt, primært til små og mellomstore verksemder.
Distriktsretta oppstartstilskot kan bli brukt til finansiering av innovative prosjekt med vekstpotensial i ein regional eller nasjonal marknad.
Verkemidla kan berre blir brukt innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.1
Fylkeskommunen kan bruke følgande landsdekkande ordningar, forvalta av Innovasjon Noreg:
Landsdekkande oppstartstilskot 1 til marknadsavklaring skal støtte gründerar som har idéar med stort vekstpotensial. Tilskotet kan blir brukt til å utvikle eigen kompetanse, kjøpe kompetansetenester av andre, tilpasse produktet eller tenesta til marknaden eller som tryggleik for å innhente meir kapital.
Mentortenesten for gründerar skal gi auka kunnskap om forretningsutvikling og vurdering av marknadsmoglegheiter. Verksemder må vere i utviklings- eller marknadsintroduksjonsfasen og ha ambisjonar om vekst utover sin lokale marknad.
Bedriftsnettverk er eit tilbod til små og mellomstore verksemder med vekstambisjonar, som ønskjer å etablere strategiske og marknadsretta samarbeidsprosjekt for å styrkje innovasjon og konkurransekraft.
Fylkeskommunen kan nytte følgande landsdekkande ordningar, forvalta av Siva:
Inkubasjonsprogrammet har som visjon å utvikle framtidas berekraftige verksemder. Hovudmålet er å bidra til auka nasjonal verdiskaping gjennom effektivt å identifisere, kommersialisere og vidareutvikle innovative idéar til nye vekstverksemder, og utløyse vekst i etablerte verksemder. Målgruppa er verksemder med innovative idéar og vekstpotensial.
Næringshageprogrammet har som hovudmålsetting å føre til auka verdiskaping basert på regionale fordelar, gjennom å legge til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige verksemder. Næringshagen skal utvikle og tilby eit relevant tenestetilbod i tråd med behovet til næringslivet i regionen, og for verksemdene som ønskjer å bruke næringshageprogrammet som verktøy til omstilling, fornying og innovasjon. Programmet er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel, og programaktiviteten skal skje i område med svak eller einsidig næringsstruktur, og først og fremst innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringstilskot. Målgruppa er små og mellomstore verksemder og nyetableringar, hovudsakeleg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstønad.
1 Verkeområdet for distriktspolitisk investeringsstøtte er fastsetje av departementet og godkjend av ESA i samsvar med EU sine retningslinjer om regionalstøtte. I kommunane omfatta av området kan det gis økonomisk stønad til verksemder med bakgrunn i distriktspolitiske omsyn.
Tildelingskriterium
Fylkeskommunane har ansvaret for å utforme og finansiere oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva i sitt fylke. Bruken av tilskotsmidlar skal vere forankra i regionale mål og planar, og i forpliktande partnarskap med næringslivet og regionale og lokale aktørar. Fylkeskommunane prioriterer fordelinga mellom verkemidla omtalt i boks 5.2.
Midlane blir fordelte til fylkeskommunane med ein distriktsdel og ein regionaldel.
Den distriktsretta delen skal utjamne geografiske forskjellar ved å kompensere for ulemper i distriktsområde, og utgjer 75 pst. av løyvinga. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane etter tal på innbyggarar innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte,4 med høgare vekting på kommunar som skårar lågt på distriktsindeksen. I tillegg er det ei ekstra vekting per innbyggar i tiltakssona (Finnmark og Nord-Troms).
Den regionale delen skal legge til rette for vekst og utvikling i heile landet ved at kvart fylke realiserer sitt potensial. Fylkesfordelinga av den regionale delen blir vidareført frå tidlegare år, med mindre justeringar for nokre av fylka som blir delt med ein fast del mellom fylka.
For fylker som blir delte avtaler dei respektive fylkeskommunane korleis attståande midlar skal delast. Dette gjeld akkumulerte midlar på kap. 553, post 61 hos Innovasjon Noreg per 31. desember 2023, og eventuelle midlar på tidlegare kap. 550, post 62 hos Innovasjon Noreg. Kansellerte tilsegn og tilbakebetalingar av midlar over desse postane tilhøyrande dei delte fylka følgjer same fordelingsnøkkel som for akkumulerte midlar.
Oppfølging og kontroll
Ordninga blir følgd opp gjennom årleg rapportering, effektmålingar og eksterne evalueringar. Departementet har laga retningslinjer for posten i samråd med fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og Siva, der oppgåvene og ansvarsområda til aktørane er omtalt.
Departementet samarbeider med fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og Siva om vidareutvikling av verkemidla på budsjettposten.
Rapport
I saldert budsjett for 2022 vart det løyvd 717,2 mill. kroner til ordningane på posten. I tillegg vart det i 2022 løyvd 100 mill. kroner over post 61 til grønt investeringstilskot, som blir rapportert under post 71. I 2022 vart det òg vedtatt ei tilleggsløyve til Troms og Finnmark fylkeskommune på til saman 50 mill. kroner for å bidra til omstilling og utvikling av næringslivet i Aust-Finnmark som vart ramma av sanksjonar mot Russland jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022). Bruken av tilleggsløyvinga til Troms og Finnmark er rapportert i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Troms og Finnmark fylkeskommune løyva 16 mill. kroner av tilleggsløyvinga til Innovasjon Noreg. Desse midlane inngjekk i Innovasjon Noregs tilgjengelege midlar for det regionale oppdraget i 2022. Desse midlane er overførbare mellom år i likskap med dei ordinære løyvingane over posten.
Rapporteringa under viser mottakarane sitt forbruk5 for 2022. Den inkluderer løyvinga frå fylkeskommunane for 2022 i tillegg til akkumulerte midlar under ordningane. Fylkeskommunane sine løyvingar for 2022 er omtala i deira oppdragsbrev til verkemiddelaktørane.
Fylkeskommunane har gitt oppdrag til Innovasjon Noreg, med følgjande rapportering for 20226:
Bedriftsutviklings- og investeringstilskot (415,4 mill. kroner)
Verksemder som har fått investeringstilskot og/eller bedriftsutviklingstilskot har ei signifikant betre årleg økonomisk utvikling (omsetning, verdiskaping og produktivitet) enn kontrollgruppa. Av bedriftsutviklingstilskotet gjekk 67 pst. av innvilga beløp til prosjekt med innovasjon på nasjonalt eller internasjonalt innovasjonsnivå. For investeringstilskotet var denne delen på 58 pst.
Kundeeffektundersøkinga for 2022 viser at støtta frå Innovasjon Noreg i stor grad var utløysande for at prosjekta vart gjennomført.
28 pst. av tildelingane gjekk til verksemder yngre enn 3 år og 71 pst. av tildelingane gjekk til verksemder med under 20 tilsette. Kvinneretta prosjekt utgjorde 25 pst. av tildelte beløp.
Distriktsretta risikolån og garantiar for driftskreditt (163 mill. kroner)
Lån og garantiar frå Innovasjon Noreg har ein god økonomisk effekt hos mottakarane, samanlikna med kontrollgruppa av verksemder som ikkje har fått slike lån. Mottakarar av lån har i gjennomsnitt høgare årleg meirvekst, spesielt på omsetning og verdiskaping, enn mottakarar av tilskot.
30 pst. av tildelingane for nye lån og garantiar gjekk til gründerar. 83 pst. av tildelte saker (lån og garantiar) gjekk i 2022 til verksemder med inntil 20 tilsette. Kvinneretta prosjekt utgjorde 24 pst. av tildelt beløp.
Etablerartilskot (50,7 mill. kroner)
Distriktsretta og landsdekkande etablerartilskot (høvesvis distriksrettet oppstartstilskudd og landsdekkende oppstartstilskudd 1 frå og med 1. januar 2024) har gitt mottakarane ein årleg meirvekst i omsetning, verdiskaping og sysselsetting. Kundeeffektundersøkinga for 2022 viser at dei aktuelle prosjekta i lita grad ville blitt gjennomført utan støtta frå Innovasjon Noreg.
Kvinneretta prosjekt utgjorde 37 pst. og 24 pst. av talet på tilsegn for høvesvis distriktsretta og landsdekkande etablerartilskot.
Bedriftsnettverk (42,6 mill. kroner)
18 nye bedriftsnettverk, med til saman 190 verksemder, vart tatt inn i programmet i 2022. Totalt var det 96 bedriftsnettverk i programmet ved utgangen av året, med til saman 950 verksemder. Nettverka har god geografisk spreiing, og omfattar verksemder i alle næringsgrupper.
Kundeeffektundersøkinga viser at 95 pst. av respondentane meiner ordninga er utløysande for prosjekta.
Menon Economics evaluerte ordninga i 2021 og fant at bedriftsnettverk bidrar effektivt til:
Mobilisering av verksemder i nettverka og som eksterne partnarar.
Samarbeid på område som marknadsaktivitetar, kompetanse og innovasjon.
Innovasjon i medlemsverksemdene, særleg retta mot nye marknader og tenester.
Økonomisk utvikling, særleg i form av auka omsetning og lønsemd.
Mentortenesten for gründarar (5,4 mill. kroner)
113 verksemder fekk tildelt mentor i 2022. Ei evaluering frå Menon Economics i 2018 viser at tenesten tilbyr skreddarsydd kompetanse tilpassa behova til gründarar og har lite overlapp med andre tenester. Tenesten er under langtidsevaluering gjennom eit forskingssamarbeid mellom Innovasjon Noreg og Universitetet i Oslo (UiO) som vart igangsett i 2019.
Miljøeffekt
Innovasjon Noreg rapporterte at talet på tilsegn med positiv miljøeffekt7 for 2022 er 59 pst. for verksemdsutviklings- og investeringstilskot, 78 pst. for distriktsretta risikolån og 25 og 47 pst. for høvesvis distriktsretta og landsdekkande etablerartilskot. Omlegging av systema for grøn rapportering frå 2024 gjer at tala ikkje vert samanliknbare på tvers av år.
Fylkeskommunane har gitt oppdrag til Siva, med følgjande rapportering for 20228:
Næringshageprogrammet (87,3 mill. kroner)
I 2022 var det rekordhøge 2 692 målverksemder9 som tok imot rådgivings- og utviklingstenester frå 39 næringshagar. Talet på inntak av nye målverksemder er 588. Det er 8 pst. lågare enn året før.
I perioden 2012–2021 har målverksemdene i næringshageprogrammet ei samla akkumulert omsetning på 571,4 mrd. kroner. I same periode har målverksemdene ei akkumulert verdiskaping på 168,7 mrd. kroner. Uavhengig av kva år omsetninga blir målt mellom 2012–2021 har omkring halvparten av verksemdene inntil fem mill. kroner i omsetning, medan éi av ti verksemder har ei omsetning på meir enn 50 mill. kroner. Meir enn halvparten av målverksemdene i næringshagane opplever vekst i verdiskapinga kvart år. Målverksemdene i næringshageprogrammet har ei betydeleg høgare omsetning og verdiskaping enn inkubatorverksemdene.
Tre av ti målverksemder i næringshageprogrammet hadde ein auke i sysselsettinga i perioden 2021–2022. Frå 2021 til 2022 hadde likevel alle verksemdene som tok del i næringshageprogrammet, med unntak av 2021-opptaket, ein liten nedgang eller inga endring i talet på tilsette. Éi av tre målverksemder i næringshageprogrammet hadde kvinneleg leiing i 2022 (36,5 pst.). I 2022 var det flest kvinnelege leiarar i stillinga som gründer, etterfølgd av dagleg leiar.
Inkubasjonsprogrammet (117,8 mill. kroner)
I 2022 var det 33 inkubatorar og det var totalt 2 291 inkubatorverksemder som nytta seg av inkubatorprogrammet. Det var 908 nye verksemder som vart tatt opp i løpet av fjoråret. Det er ein liten nedgang på 4,6 pst. samanlikna med rekordåret 2021. Delen aktive inkubatorverksemder med kvinner i leiande stillingar var 28,5 pst. i 2022.
I perioden 2012–2021 har inkubatorverksemdene totalt akkumulert omsetning på 92,8 mrd. kroner. Kva gjeld akkumulert verdiskaping er resultatet 18,6 mrd. kroner i same periode. Omkring halvparten av inkubatorverksemdene har inntil ein halv mill. kroner i omsetning. Vidare er det ein liten del som har meir enn fem mill. kroner i omsetning, og delen har vore aukande dei siste åra. Meir enn halvparten av inkubatorverksemdene opplever årleg vekst i omsetninga og/eller verdiskapinga.
Nye 10-årige næringshageprogram og inkubasjonsprogram
Det nye næringshageprogrammet og inkubasjonsprogrammet vart starta frå og med 1. januar 2023, og inneheld 39 næringshagar og 35 inkubatorar. Dei nye programma bygger på kunnskaps- og erfaringsgrunnlag frå programma som vart avslutta i 2022, samstundes som dei er vidareutvikla og fornya med relevante tenester som treff behova næringslivet har i dag. Dette inneber eit auka fokus på berekraft, digitalisering, industriutvikling, internasjonalisering og eksport, òg kompetanseutvikling og kopling mot FoU. I tillegg blir forsterka samspel vektlagt med andre verkemiddel og verkemiddelaktørar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Løyvinga skal bli brukt til mobiliserande og kvalifiserande næringspolitiske verkemiddel i regi av Innovasjon Noreg og Siva. Ordningane gir små og mellomstore verksemder tilgang til kompetent risikokapital, gjennom ein kombinasjon av rettleiing, kompetanse og kapital som Innovasjon Noreg og Siva tilbyr verksemdene.
Reduserte klimagassutslepp og grøn omstilling skal bli vektlagt.
Søknader blir vurderte etter kvalitet. Innanfor disse rammene jobbar verkemiddelaktørane for å fremje berekraft og mobilisere kvinner til gründerskap.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12,1 mill. kroner for å skape handlingsrom innanfor andre område.
Det blir foreslått å løyve 802,1 mill. kroner. Dette inkluderer gjennomføringskostnadar til Innovasjon Noreg og Siva.
Departementet overfører midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Fylkeskommunane kan dermed disponere midlane uavhengig av året løyvinga vart gitt.
Post 62 Kompetansepilotar, kan overførast
Mål for ordninga
Kompetansepilotar skal identifisere og mobilisere verksemdene sine behov for kompetansehevande tiltak, og kople og legge til rette for eit tilpassa tilbod på etter- og vidareutdanning i Distrikts-Noreg. Ordninga skal bidra til å utvikle og prøve ut nye metodar og modellar for å nå målet. Ordninga skal støtte fylkeskommuna si strategiske rolle og ansvar for regional kompetansepolitikk. Målgruppa er offentlege og private verksemder, med særleg vekt på små verksemder i Distrikts-Noreg.
Rapport
Alle midlane for heile pilotperioden 2020–2022 vart utlyst samstundes. Det er etablert 16 kompetansepilotar i regi av 10 fylkeskommunar. Alle prosjekta jobbar med å møte dei små verksemdene sine behov for kvalifisert arbeidskraft innanfor næringar og bransjar som er viktige for dei ulike stadene.
Gjennom pilotane har ein testa og utvikla ulike metodar for å identifisere behov for kompetanseutvikling og å mobilisere folk til utdanning. Eksisterande metodar for å legge til rette for etter- og vidareutdanning tilpassa lokale behov er blitt forsterka. Læring på tvers av pilotar og fylke er viktig. Kvart år er det gjennomført to felles arenaer for læring med alle prosjektleiarane. Ei følgjeevaluering gir kunnskap om arbeidet. Sluttrapporten frå evalueringa er ferdig ved årsskiftet 2023/24.
Post 63 Interreg, Arktis 2030 og det norske Barentssekretariatet
Posten omfattar tilskot til Noreg si deltaking i grenseregionale Interreg-program, tilskot til Arktis 2030, tilskot til det norske Barentssekretariatet og sekretariat for Regionalt nordområdeforum i Vadsø. Tilskot til transnasjonale og internasjonale Interreg-program blir omtalt under post 76.
Grenseregionale Interreg-program
Mål for ordninga
Målgruppene er lokale, regionale og nasjonale styremakter, aktørar frå lokalsamfunn og urfolk, privat næringsliv, forskings- og utviklingsaktørar og frivillige organisasjonar. Ordninga skal:
bidra til regional utvikling gjennom samarbeid over landegrensene.
bidra til a) eit smartare Europa, b) eit grønare Europa, c) eit meir samanknytt Europa, d) eit meir sosialt Europa og e) eit Europa nærare borgarane. Eit eige Interreg-spesifikt mål (ISO 1) om å styrkje kapasiteten i grenseoverskridande samarbeid kjem i tillegg. Innsatsen til Noreg vektlegg måla a, b, c og ISO 1.
gi deltakarar tilgang på verktøy, kompetanse, erfaring og økonomiske verkemiddel til utviklingsprosjekt.
støtte opp under EU sin grøne giv, berekraftsmåla og EU sitt nye europeiske Bauhaus.
Kriterium for måloppnåing
Indikatorar for å vurdere måloppnåing blir fastsetje i programdokumenta for kvart enkelt Interreg-program.
Tildelingskriterium
Tildelingskriterium blir fastsetje i tråd med EU sitt regelverk og formulert i programdokumenta for kvart program. Til dømes grenseregional meirverdi, kapasitet til gjennomføring, resultatorientering, berekraftig utvikling og bidrar til å nå målet med programmet. Midlane blir lyste ut og skal utløyse (minst) 50 pst. regional medfinansiering/eigenfinansiering.
Oppfølging og kontroll
Forvaltninga av midlane er delegert til fylkeskommunane, som rapporterer til departementet. Oppfølging og kontroll skjer i overvakings- og styringskomiteane til programma, der departementet og fylkeskommunane deltek saman med resten av programlanda. Krava til oppfølging og kontroll blir fastsetje gjennom EU sitt regelverk, og i programdokumenta for kvart program.
Rapport
Fylkeskommunane fekk til saman 50,9 mill. kroner i 2023 til deltaking i grenseregionale Interreg-program. Dei norska midlane utgjer ein mindre del av programbudsjettet, som i stor grad er finansiert av EU sitt regionale utviklingsfond. Det gir norske deltakarar tilgang til større ressursar og kapasitet i programma, som bidrar til å løyse samfunnsutfordringar på norsk side.
Ei samanstilling av evalueringsrapportar frå dei enkelte programma viser at deltaking har gitt tilgang til nye marknader for verksemder, etablering og utviding av næringsklyngjer, rådgivingstenester for verksemder og gründerar og utvikling av nye produkt. Programma bidrar òg til tilpassa digitale offentlege tenester for distriktsområde, sertifisering av grønare reiselivsprodukt og oppgradert utdanningstilbod/livslang læring.
Samarbeid om grenseoverskridande kollektivtransport har gitt auka tilgjengelegheit og meir berekraftig transport.
Fleire samiske prosjekt har vore viktige for å halda i hevd og formidle samiske språk, i tillegg til vidareutvikling av kulturberande aktivitetar for urfolk i nord.
Ny programperiode for 2021–2027 starta prosjektutlysingar i 2022. Programsekretariata rapporterer om høg etterspørsel etter prosjektmidlar.
Øresund-Kattegat-Skagerrak (ØKS) (12,1 mill. kroner)
Innsatsen var retta mot utviklingsprosjekt innan innovasjon, grøn økonomi, sysselsetting og transport, og berekraftsmål om god helse og livskvalitet, rein energi til alle og anstendig arbeid og økonomisk vekst. Programmet omfattar fylka Oslo, Viken, Vestfold og Telemark og Agder, og dessutan svenske og danske regionar i tilgrensande kystområde.
Sverige-Noreg (20 mill. kroner)
Innsatsen var retta mot samarbeid om innovasjon, utvikling av små og mellomstore verksemder, natur og kulturarv og berekraftig transport. Programmet omfattar grenseregionane på norsk og svensk side frå Viken til Trøndelag.
Interreg Aurora (12,4 mill. kroner)
Innsatsen var retta mot forsking og innovasjon, entreprenørskap, klima og miljø, kultur og arbeidsmarknad. Programmet omfattar Nordland, Troms og Finnmark, regionar i Nord-Finland og Nord-Sverige. Programmet har eit delprogram, Sápmi, som dekker heile det samiske området frå Innlandet til Troms og Finnmark, og dessutan alle samiske område i Sverige og Finland.
NEXT Kolarctic (6,3 mill. kroner)
EU si finansieringsavtale med Russland er suspendert, og NEXT Kolarctic er lagt på is. Midlar avsett til NEXT Kolarctic for 2021–2023 er brukt til å sluttføre prosjekt frå førre programperiode og fordelt mellom dei andre programma på post 63.
Pågåande prosjekt i Kolarctic CBC 2014–2020 har heldt fram utan russiske partnarar.
Innsatsen var retta mot samarbeid om kunnskaps- og næringsutvikling i små og mellomstore verksemder, forvaltning av grenseoverskridande natur og miljøressursar, utvikling av berekraftige energi- og transportløysingar, og dessutan mobilitet og grensekontroll. Folk-til-folk-samarbeid støtta opp om dialog og tillitsbygging over grensene i Barentsregionen.
Programmet har følgt opp erklæringa om Barentssamarbeidet frå 2013. Programmet omfatta fram til Russlands invasjon av Ukraina: Nordland, Troms og Finnmark, Norrbotten (Sverige), Lappland (Finland) og Murmansk, Arkhangelsk og Nenets (Russland).
Prioriteringar 2024
Deltaking i Interreg-programma skal bidra til måloppnåing i norsk regional- og distriktspolitikk, og i nordområdepolitikken.
I 2021 starta ein ny Interreg-periode som varer ut 2027. Noreg deltek i programma Øresund-Kattegat-Skagerrak, Sverige-Noreg og Interreg Aurora (post 63), og dessutan Nordlig Periferi og Arktis, Nordsjøen, Østersjøen, Interreg Europe, URBACT, ESPON og Interact (sjå omtale under post 76).
Grensekommunar er ofte distriktskommunar. Samarbeid over landegrensene skal gi høgare kapasitet og kompetanse hos aktørane for å løyse regionale og distriktspolitiske utfordringar.
Programma skal vere i tråd med prioriteringane frå fylkeskommunane. Det blir arbeidd for å mobilisere målgruppene (aktørane) til å delta i grensekryssande utviklingsprosjekt innanfor måla for ordninga.
Programma skal mellom anna styrkje samarbeid om felles utfordringar og auka tillit over landegrensene etter koronapandemien.
Arktis 2030
Mål for ordninga
Arktis 2030 skal vareta norske interesser i nord og Noregs rolle som ein ansvarleg og sentral polarnasjon. Programmet skal bidra til ein heilskapleg nordområdepolitikk i tråd med ambisjonane til regjeringa.
Innsatsen skal bli målt etter følgjande kriterium for måloppnåing innanfor fire innsatsområde:
Kunnskap: Auka kunnskap om polare strøk og samfunn, kompetansebehov, forvaltning og miljø og naturressursar i nordområda.
Infrastruktur: Auka kunnskap om og tilrettelegging for å møte infrastrukturbehov som følgje av auka aktivitet i nordområda.
Miljøvern, tryggleik, beredskap og klimaendringar: Auka kunnskap om og kapasitet til førebygging og handtering av forureining og ulykker i nordområda. Auka kunnskap om klimaendringar, konsekvensar av dette og grøn omstilling.
Næringsliv: Auka økonomisk aktivitet, næringsutvikling og verdiskaping i nordområda.
Tildelingskriterium
Det kan bli gitt tilskot til prosjekt som skal bidra til operativ bruk av nyutvikla kunnskap, teknologi og/eller kompetanse om nordområda. Prosjekt og tiltak skal legge FN sine berekraftsmål til grunn. Ved vurdering av prosjekta skal det bli lagt vekt på situasjonen for urfolk. Midlane kan både gå til forprosjekt og større fleirårige strategiske prosjekt. Både næringsliv, interesseorganisasjonar, offentlege aktørar og kunnskapsmiljø kan søkje om tilskot. Søkjarar treng ikkje vere lokaliserte i Nord-Noreg, men må tydeleg vise at resultata av aktivitetane som blir finansierte vil kome nordområda til gode. Fylkeskommunane kan finansiera tiltak og program i eigen regi.
Oppfølging og kontroll
Troms fylkeskommune har ansvaret for organisering av arbeidet, i nært samarbeid med Nordland og Finnmark fylkeskommunar. Direkte verksemdsretta tilskot skal bli forvalta av Innovasjon Noreg Arktis gjennom oppdragsbrev frå fylkeskommunen. Departementet har utarbeidd ei forskrift for ordninga: Forskrift om Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine tilskotsmidlar til Arktis 2030.
Rapport
I 2022 vart det løyvd 48,2 mill. kroner til ordninga. 18 mill. kroner gjekk til verksemdsretta tilskot gjennom Innovasjon Noreg. Troms og Finnmark fylkeskommune rapporterer at dei tildelte prosjektstøtte for nærare 18 mill. kroner til ti forprosjekt og seks hovudprosjekt. Søknadene hadde god spreiing på dei fire innsatsområda og god geografisk spreiing.
Det norske Barentssekretariatet
Kommunal- og distriktsdepartementet tek over ansvaret for det norske Barentssekretariatet frå Utanriksdepartementet 1. januar 2024. Barentssekretariatet er eit ikkje-kommersielt selskap og er eigd av Nordland fylkeskommune og Troms og Finnmark fylkeskommune, medan sekretariatet og prosjektmidlar i hovudsak blir finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet.
Mål for ordninga
Tilskotet skal i hovudsak rettast mot internasjonalt samarbeid mellom aktørar i Nord-Noreg og finske og svenske regionar i nord, irekna urfolkssamarbeid. Føremålet er å fremje samfunnsutvikling i Nord-Noreg.
Barentssekretariatet skal fremje og finansiere samarbeidsprosjekt. Samarbeidet skal i utgangspunktet vere knytt til Barentsregionen, inkludert dei samiske områda. Samarbeidsprosjekt innanfor det nordlege Norden og/eller Arktis kan òg bli vurdert.
Barentssekretariatet skal vere eit ressurs- og kompetansesenter for grensekryssande samarbeid og nordområdesamarbeid. Sekretariatet skal arbeide med å hente inn og samordne kunnskap frå aktørar i regionen, og legge til rette for gjennomføring av prosjekt på tvers av landegrensene.
Barentssekretariatet skal hjelpe eigarane i samfunnsutviklingsrolla deira, gjennom å fremje, utvikle og styrkje samarbeid med aktørar først og fremst i finske og svenske regionar. Folk-til-folk-prosjekt med uavhengige russiske aktørar i det russiske sivilsamfunnet kan bli støtta i den grad slikt samarbeid finn stad.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga skal bli vurdert etter følgjande kriterium:
Prosjektet har gitt meir/betre samarbeid mellom norske, finske og/eller svenske aktørar i nord, ev. og med aktørar frå andre regionar i Arktis.
Prosjektet bidrar til samfunnsutvikling i Nord-Noreg.
Tildelingskriterium
Følgjande kriterium skal bli vektlagt i tildelinga av midlar:
Barentssekretariatet kan dekke inntil 70 prosent av dei totale kostnadane i eit prosjekt. Eigen arbeidsinnsats blir akseptert som medfinansiering.
Både offentlege, private og frivillige aktørar i Nord-Noreg kan søkje midlar.
Prosjekt må ha svensk og/eller finsk medfinansiering.
Ev. prosjektpartnarar frå andre regionar i Arktis, må òg ha eigen medfinansiering.
Prosjekt som bidrar til nytenking, har stor overføringsverdi og er godt forankra i aktuelle søkjarorganisasjonar bør bli prioritert.
Kjerneaktivitetane for prosjektet kan ikkje vere påbyrja før det blir søkt om støtte frå Barentssekretariatet.
Oppfølging og kontroll
Barentssekretariatet avgjer prosjekt etter vilkår som skal bli fastsett i forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementet sitt tilskot til det norske Barentssekretariatet.
Kriterium for måloppnåing vil bli følgd opp gjennom dialog og årleg rapportering frå Barentssekretariatet til departementet. Korleis arbeidet i Barentssekretariatet og samarbeidsprosjekta som er støtta bidrar til samfunnsutvikling i Nord-Noreg, vil bli evaluert.
Rapport
Kommunal- og distriktsdepartementet rapporterer om første halvdel av 2024 i Prop. 1 S (2024–2025).
Sekretariat for Regionalt nordområdeforum
Regionalt nordområdeforum er ein arena for politisk dialog som skal styrkje situasjonsforståinga mellom nasjonalt og regionalt nivå og Sametinget om spørsmål som er særleg relevante for utviklinga i nord. Dei faste medlemmane i forumet er den politiske leiinga i Kommunal- og distriktsdepartementet, Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, fylkeskommunane i Nord-Noreg og Sametinget. Forumet drøftar forslag og tiltak som er aktuelle i nordområda. Forumet har i 2023 jobba med å utarbeide ein strategi for betre samordning mellom nordområdepolitikken og anna nasjonal og regional innsats i nord. Innsatsen skal bli retta mot temaområde som klimaendringar og det grøne skiftet, attraktivitet for busetting, kompetanse, tilgang på arbeidskraft og integrering og internasjonalt samarbeid. Forumet skal òg bidra til at ungdom og unge vaksne i større grad blir involverte i arbeidet med å utvikle nordområdepolitikken.
Det vart i 2020 etablert eit sekretariat for forumet i Vadsø, lagt til Troms og Finnmark fylkeskommune. I 2022 vart det løyva 2,6 mill. kroner til drift av sekretariatet. Dette inkluderte 1 mill. kroner til ein ungdomskoordinator ved sekretariatet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 42,0 mill. kroner til det norske Barentssekretariatet, som blir overført frå Utanriksdepartementet, av dette inntil 16 mill. kroner til drift og forvaltning. Det blir vidare foreslått å løyve 54,3 mill. kroner til dei grenseregionale Interreg-programma, 47,5 mill. kroner til Arktis 2030 og 1,6 mill. kroner til å drifte sekretariat for Regionalt nordområdeforum i Vadsø. Det blir foreslått ein reduksjon på 1 mill. kroner fordi den treårige løyvinga frå Kommunal- og distriktsdepartementet til prosjektstillinga som ungdomskoordinator er avslutta.
Det blir samla foreslått å løyve 145,4 mill. kroner. Dette inkluderer gjennomføringskostnadar.
Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane og Barentssekretariatet som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 64 Pilot nærtenestesenter, kan overførast
Mål for ordninga
Målet med pilot med nærtenestesenter er å teste ulike modellar for å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i område med lange avstandar. Etter fleire strukturendringar i staten har mange innbyggarar fått lengre reiseveg til statlege kontor for å få fysisk tilgang til tenester, som til dømes pass og arbeidsløyve til utanlandske arbeidarar. Samstundes er mange statlege tenester digitaliserte, men nytta av digitale tenester er avhengig av at innbyggarane har nok digital kompetanse. Mange har ikkje god nok digital kompetanse eller nok kunnskap om offentleg forvaltning. Staten vil invitere kommunar med servicetorg eller liknande til eit pilotsamarbeid om utvikling av nærtenestemodellar med samlokalisering av statlege og kommunale publikumstenester. Pilotane skal òg bidra til å styrkje innbyggarane sin digitale kompetanse, til dømes gjennom Digihjelpen.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriterium for ordninga er at ho har ført til betre tilgang på statlege publikumstenester. Ordninga skal bli evaluert.
Tildelingskriterium
Ordninga blir lyst ut i 2023, og skal gå over 3 år. Midlane skal dekke kommunane sine utgifter i samband med gjennomføring av pilotane. Kommunar med servicetorg eller liknande, og der innbyggarane har lang reiseveg til statlege publikumstenester, kan søkje på ordninga. I søknaden må kommunane mellom anna synleggjere kva statlege publikumstenester det er ønskeleg å teste i ein pilot. Før endeleg tildeling må samarbeid med aktuelle statlege etatar vere avklart. Kommunen må òg synleggjere om og på kva måte den kan bidra til rettleiing av innbyggarane i kor dei finn statlege digitale tenester, og heving av innbyggarane sin digitale kompetanse.
Oppfølging og kontroll
Departementet utbetaler midlar til kommunane etterskotsvis, på grunnlag av utbetalingsoppmoding frå kommunane, der det er gjort greie for kva pengane er brukt til.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 5 mill. kroner til pilot med nærtenestesenter. Midlane skal finansiere kommunane sine utgifter i samband med pilotarbeidet.
Post 65 Omstilling og utvikling i område med særlege distriktsutfordringar
Posten omfattar a) bistand og rettleiing til distriktskommunar med særlege utfordringar med strategisk utviklingsarbeid, b) tilskot til kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad, og c) tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsettinga over relativt kort tid.
Pilot Statens hus og pilot for eit kystutviklingssenter i Aust-Finnmark har vore løyva over posten, jf. rapportering.
Bistand og rettleiing til distriktskommunar
Mål for ordninga
Auka utviklingskapasitet og strategisk arbeid i distriktskommunar, gjennom mellom anna nye måtar å løyse oppgåver, og styrkt strategisk samfunnsplanlegging.
Kriterium for måloppnåing
Fylkeskommunen bidrar til å styrkje kommunanes kompetanse og kapasitet til strategisk arbeid med samfunnsutvikling.
Tildelingskriterium
Fordeling av midlane mellom fylkeskommunane tek utgangspunkt i folketalet i kommunane som skårar lågast på distriktsindeksen.
Fylkeskommunane har ansvar for arbeidet i eige fylke i dialog med kommunar med behov for bistand og rettleiing. Fylkeskommunane skal gi ekstra bistand og rettleiing over tid til distriktskommunar med særlege utfordringar med strategisk utviklingsarbeid. Både fag- og prosessbistand, prosjekt og målretta tiltak er aktuelt. Fleire avdelingar og seksjonar i fylkeskommunen bør samordne seg og samarbeide om dette arbeidet, slik at kommunane får heilskapleg og godt koordinert rettleiing. Fylkeskommunen skal invitere med aktørar som Statsforvaltaren, Distriktssenteret, statlege etatar og virkemiddelaktørar der det er føremålstenleg. Rettleiing og bistand kan mellom anna bli knytt til plan- og strategiprosessar i kommunane. Ordninga kan bli brukt saman med dei andre ordningane på posten.
Oppfølging og kontroll
Midlane blir forvalta av fylkeskommunane.
Tilskot til kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad
Mål for ordninga
Styrkje kommunane sin kapasitet til å handtere situasjonen med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad. Auka attraktivitet for busetnad og næringsliv.
Kriterium for måloppnåing
Auka utviklingskapasitet og utviklings- og gjennomføringsevne i kommunen, auka attraktivitet for busetting og attraktivitet for næringsliv.
Tildelingskriterium
Fordeling av midlane mellom fylkeskommunane tek utgangspunkt i folketalet i kommunane som skårar lågast på distriktsindeksen. Kommunen skal få ein forsterka innsats over tid for å snu ei negativ utvikling. Fylkeskommunane skal legge følgjande kriterium til grunn ved tildeling: Kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad. I kva grad kommunen har utfordringar med forsørgjarbyrde, og del som står utanfor arbeidslivet kan òg bli vektlagt.
Oppfølging og kontroll
Fylkeskommunane har ansvar for arbeidet i eige fylke, og behandlar søknader frå kommunar og regionar.
Tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsetting over relativt kort tid
Mål for ordninga
Styrkje næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar i kommunar eller regionar som opplever vesentleg nedgang i sysselsettinga over relativt kort tid.
Kriterium for måloppnåing
Kriteria for å vurdere måloppnåing er styrkt utviklingskapasitet og kompetanse for næringsutvikling i kommunen/regionen, og talet på arbeidsplassar som blir etablerte eller sikra. Frå 2024 skal målet om styrkt utviklingskapasitet og -kompetanse få større vekt enn i dag. Det er sett i gang eit arbeid med Innovasjon Noreg, to fylkeskommunar, fem kommunar og Distriktssenteret for å utvikle gode indikatorar. Kriteria skal bli rapportert på årleg, og i kva grad ein oppnår måla skal bli vurdert gjennom evaluering av det enkelte omstillingsprogram etter omstillingsperioden.
Tildelingskriterium
Ordinær omstilling: Fylkeskommunane har ansvar for omstillingsarbeidet i eige fylke, og behandlar søknader frå kommunar og regionar. Departementet har i fylkesfordelinga av ramma lagt til grunn fylkeskommunane sine innspel om kommunar og regionar der det er stor reduksjon i talet på sysselsette i hjørnesteinsverksemder/-næringar. Fylkeskommunane skal legge følgjande kriterium til grunn ved tildeling av omstillingsprogram: a) omfanget av reduksjonen i sysselsettinga i kommunen/regionen, b) i kva grad det er mogleg å pendle til andre arbeidsmarknader, c) den generelle arbeidsløysa i kommunen/regionen og d) eventuelle andre tilhøve som kan spele inn.
Ekstraordinær statleg omstilling: I heilt særskilde tilfelle kan staten løyve ekstraordinære statlege omstillingsmidlar direkte til ein kommune. Kriteria for dette er at reduksjonen i den direkte sysselsettinga i hjørnesteinsverksemda/-næringen bør vere betydeleg over ein treårsperiode, og reduksjonen bør som hovudregel utgjere minst 15 pst. av den totale sysselsettinga i kommunen. I absolutte tal bør nedlegginga som eit minimum ligge på 150 tilsette. Vidare blir det lagt vekt på reduksjonen i den indirekte sysselsettinga, i kva grad det er mogleg å pendle i den aktuelle bu- og arbeidsmarknadsregionen, og den generelle arbeidsløysa i kommunen/regionen.
Oppfølging og kontroll
Midlane blir forvalta av fylkeskommunane og Innovasjon Noreg.
Rapport
I 2022 følgde Innovasjon Noreg opp 20 omstillingsområde. Rapporteringa viste 232 nye arbeidsplassar, 371 sikra arbeidsplassar og 49 nye verksemder i 2022. Det var ingen omstillingsområder som vart avslutta i 2022, men fleire har siste programår i 2023. Oxford Research har evaluert omstillingsprogramma i mange kommunar tidlegare. I alle evalueringane vurderer Oxford at omstillingsprogrammet har hatt effekt for både vekst i talet på arbeidsplassar og auka samarbeid mellom verksemder. Ei utfordring som Oxford peikar på, er rekruttering av personar til både næringsliv og kommunar. I dei seinare åra har omstillingsområda arbeidde meir med nettverksbygging og samarbeidsarenaer.
Telemarksforsking har evaluert ordninga.10 Dei har gått gjennom og systematisert evalueringane av kvart enkelt omstillingsprogram frå 2004, òg intervjua fylkeskommunar og dei i Innovasjon Noreg med ansvar for ordninga. Dei har òg gjort analysar av arbeidsplassutviklinga i kommunane. Rapporten viser at dei fleste kommunane har hatt stor nytte av å delta i omstillingsprogrammet, men peiker samstundes på at ein ikkje kan bevise at å delta i ordninga har gitt effekt i form av varig vekst i arbeidsplassar. I rapporten blir utviklingsevne framheva som det viktigaste målet, særleg på lengre sikt, og Telemarksforsking tilrår å legge større vekt på dette.
Med utgangspunkt i evalueringa har departementet i samråd fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og Distriktssenteret revidert ordninga. Kriteria for å vurdere måloppnåing er endra i tråd med evalueringa. Kriteriet om ein meir variert næringsstruktur er tatt ut. Næringsstrukturen i distriktskommunar generelt har med tida blitt meir spesialisert, og då innanfor næringar som kommunane har relative fortrinn i. Telemarksforsking meiner det er ein målkonflikt mellom å skape fleire arbeidsplassar og å få ein meir variert næringsstruktur, og dei foreslår i evalueringa å gå bort frå dette målet.
Pilot Statens hus
I 2021 vart pilotprosjektet Statens hus sett i gang i kommunane Lyngdal, Stad, Orkland og Narvik, jf. Prop. 1 S (2021–2022). Prosjektet skal føregå i perioden 2021–2024, og blir følgjeevaluert av Oxford Research.
Mål for ordninga
I pilot Statens hus samarbeider statlege etatar, kommune, fylkeskommune og statsforvaltar om å skape større statlege fagmiljø. Målet er å bidra til å styrkje samarbeidet i kompetanseklyngjer og eventuelt samlokalisere mindre einingar av statlege etatar i same bu- og arbeidsmarknadsregion. Føremålet er å styrkje det samla faglege, offentlege kompetansemiljøet i regionen, og gjere det lettare å halde på og rekruttere kompetanse i dei statlege etatane som finst på pilotstadene. Pilot Statens hus skal gi kunnskap som dannar grunnlag for vidare utvikling av lokaliseringspolitikk for mindre stader.
Rapport
Agder, Vestland, Trøndelag og Nordland fylkeskommune fekk tildelt 4 mill. kroner kvar, totalt 16 mill. kroner, som er fordelte til dei fire pilotkommunane for å dekke utgiftene for heile prosjektperioden. Dei fire pilotane har konkretisert måla sine gjennom ulike lokale delprosjekt. Pilotane har mellom anna mål om samlokalisering, kontorfellesskap for desentralisert arbeid, tenesteinnovasjon, førebyggande innsats retta mot unge, tiltak som kan redusere digitalt utanforskap, og samarbeid om analyse, kompetanseutvikling og rekruttering. Oxford Research følgjeevaluerer pilotane og har levert ein midtvegsrapport11. Dei peiker på at pilotane har valt ulike mål som tek utgangspunkt i lokale kvalitetar og utfordringar. Det er ein styrkje at pilotane har fått fridom til å velje lokale utfordringar og ambisjonar, men ulempa er at mange problemstillingar innanfor same pilot gjer at ressursane blir spreidde framfor å vere samla om prioriterte satsingar. Pilotane spissar arbeidet og prioriterer no færre delmål.
Pilot kystutviklingssenter
For å styrkje omstillinga av næringsliv og auke bustadsattraktiviteten i Aust-Finnmark, fekk Troms og Finnmark fylkeskommune i 2023 eit overordna ansvar for å utvikle eit pilotprosjekt for eit «kystutviklingssenter» med utgangspunkt i Kirkenes, i samarbeid med andre relevante aktørar og miljø i området. Fylkeskommunen har gitt Sør-Varanger Utvikling AS oppdrag om å lage eit forslag til prosjektstyringsplan for pilotprosjektet. I tråd med oppdragsbrevet frå departementet, har fylkeskommunen sendt forslaget til prosjektplan og framdriftsplan til departementet. Fylkeskommunen vil vurdere planen nærare og ha dialog med Sør-Varanger Utvikling AS om innretting av pilotprosjektet fram mot oppstart i byrjinga av 2024.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
To distrikts- og regionalpolitiske tilskot vart innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane i 2020, med særskild fordeling12. I Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 har departementet lagt opp til at midlane til distrikts- og regionalpolitiske tilskot skal bli tilbakeført til ei øyremerka ordning på Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett frå 2024. Departementet foreslår at midlane skal målrettast mot sentrale utfordringar i distrikts- og regionalpolitikken i dag, innanfor rammene av føremålet med postane som vart innlemma.
Bistand og rettleiing til distriktskommunar: Distriktskommunane treng både generell rettleiing som er meint for alle kommunar, og meir særskilt oppfølging jf. NOU 2023: 9 Generalistkommunesystemet. Ein del distriktskommunar med særlege utfordringar med kapasitet og kompetanse på strategisk arbeid med lokalsamfunnsutvikling og samfunnsplanlegging treng bistand og rettleiing over tid, både fag- og prosessbistand som er tilpassa deira behov. Rettleiing kan mellom anna vere knytt til plan- og strategiprosessar i kommunane.
Tilskot til kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad: Den eksisterande omstillingsordninga er eit kriseverkemiddel retta mot område med vesentleg fall i sysselsettinga (næringsinngang). Departementet foreslår ei ny ordning retta mot kommunar med langvarig nedgang og aldring i befolkninga.
Tilskot til omstilling i kommunar/regionar med vesentleg fall i sysselsetting over relativt kort tid: Omstillingsmidlane skal bli brukt til å styrkje evna til næringsutvikling, det vil sei lokale tenester for næringslivet og stimulering av næringslivet si evne til omstilling og nytenking. Omstillingsmidlane brukast òg på prosessar som fører til investeringar og stadsutvikling som generelt gir eit meir attraktivt samfunn for innbyggarar og verksemder.
Innovasjon Noreg er eit nasjonalt kompetansesenter for regional omstilling. Dei følgjer opp omstillingsområda, vidareutviklar verktøy og medfinansierer mellom anna programma SMB Utvikling, Næringsvennleg kommune, kompetanseprogram for handel og service og vegen vidare etter omstillingsperioden. Innovasjon Noreg bestiller og finansierer sluttevalueringar av alle omstillingsprogram.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner for å styrkje ordningane.
Det blir samla foreslått å løyve 120,6 mill. kroner til desse ordningane, inkludert 51,0 mill. kroner som vert foreslått overført frå kap. 572, post 60 Innbyggartilskot, rammetilskotet til fylkeskommunane. Ein del av løyvinga går til Innovasjon Noreg til råd, verkemiddel, rettleiing og kvalitetssikring i omstillingsprosjekt. Nye ordningar må gi regionalt handlingsrom. Fylkeskommunane disponerer derfor løyvinga fritt mellom ordningane. Det er lagt opp til at innsatsen blir samfinansiert mellom stat, fylkeskommune og kommune.
Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at fylkeskommunane kan disponere midlane uavhengig av året løyvinga vart gitt.
Fylkeskommunen har attståande midlar frå løyvinga til kystutviklingssenter i 2023 som kan overførast til 2024 for å finansiere eventuelle aktivitetar i pilotprosjektet. Det er derfor ikkje foreslått nye midlar i 2024.
Post 66 Bygdevekstavtaler, kan overførast
Mål for ordninga
Det overordna målet for bygdevekstavtalene som nytt distriktspolitisk verkemiddel er å bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg. Det skal mellom anna skje gjennom samordning av verkemiddel og aktørar innanfor gjeldande økonomiske rammer, jf. Prop. 115 S (2021–2022).
Det er lagt opp til at staten og kommunane er hovudpartar i bygdevekstavtalene. Det vil òg vere aktuelt å invitere andre partar inn i avtalene.
Målgruppa for ordninga er dei minst sentrale distriktskommunane. Departementet har oppfordra til samarbeid mellom kommunar. Tilskotsordninga skal støtte ulike delar av prosessen før ei eventuell bygdevekstavtale er inngått (fase 1 av ordninga). Dersom det blir inngått ei avtale med staten, vil deltakande kommunar kunne søkje om midlar til gjennomføring av bygdevekstavtalene (fase 2 av ordninga).
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing vert utarbeida i samarbeid med den enkelte pilot for den enkelte avtale.
Tildelingskriterium
Departementet vurderer søknadane basert på dokumentasjonen kommunane sender inn og eventuelt anna offentleg tilgjengeleg informasjon. Departementet har i tillegg innhenta råd frå relevante aktørar. Kriteria søknadane blir vurdert etter er a) betydinga innsatsen kan ha for busetnad, rekruttering av arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling, b) kor viktig innsatsen vil vere for den generelle samfunnsutviklinga lokalt, c) kor nærliggande resultata kan vere i tid, d) gjennomføringsevne i deltakarkommunane og e) i kva grad søknaden adresserer tverrsektorielle utfordringar.
Oppfølging og kontroll
Ordninga vert evaluert av SINTEF. Pilotane skal gjennom sine forslag til avtaler rapportere til departementet på tema dei ønskjer å samarbeide med staten om, mål for avtalen, òg gi ei kort utgreiing av kvifor akkurat desse temaa. Dei skal òg greie ut om korleis temaa og forslaga til aktivitetar heng saman med kommunale og regionale planar/planprosessar, og gi ei vurdering av korleis målet i avtalen kan bidra til å nå måla for ordninga.
Rapport
I 2022 vart det lyst ut 10 mill. kroner til utprøving av bygdevekstavtaler som nytt distriktspolitisk verkemiddel. Departementet fekk inn 25 søknader fordelte på 63 kommunar. Det kom søknader frå alle fylka. Av desse vart tre område i Finnmark og to i Trøndelag valt ut som nasjonale pilotar:
Hasvik, Måsøy og Hammerfest
Nordkapp, Porsanger, Lebesby og Gamvik
Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby og Tana
Rindal og Holtålen
Røyrvik, Grong, Lierne og Namsskogan
Dei fem første pilotane hadde frist 1. oktober 2023 til å levere utkast til bygdevekstavtaler med staten. Avtalene skal etter planen bli inngått som intensjonsavtaler for vidare samarbeid med aktuelle partar, med oppfølgjande handlingsplanar for konkret innsats. Dette hindrar ikkje at konkrete tiltak kan bli ein del av avtalen. For 2023 er det løyva 2 mill. kroner per pilot per år i to år til å støtte oppfølging av avtalene (fase 2 av ordninga). Departementet vil òg ha dialog med fylkeskommune og statsforvaltar i dei to fylka om deira rolle i oppfølging av avtalene.
I mars 2023 lyste regjeringa ut ytterlegare 15 mill. kroner til utprøving av bygdevekstavtaler i fleire område (pulje 2). Søknadsfristen var 23. juni og departementet har fått inn 17 søknader fordelte på i overkant av 60 kommunar i 9 fylke. Departementet vil i løpet av hausten velgje ut aktuelle pilotar til pulje 2 av ordninga.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å vidareføre ei løyving på 26,9 mill. kroner til gjennomføring av avtaler for pulje 1 og pulje 2. Det blir vidare foreslått ein auke på 50 mill. kroner for å utvide satsinga. Den auka løyvinga vil målrettast mot medfinansiering til konkrete tiltak i dei oppfølgjande handlingsplanane.
Løyvinga skal bli brukt til å styrkje ordninga på to område:
som tilskot til å utvikle og teste tiltak og nye løysingar, nedfelt i handlingsplanar utvikla i samarbeid mellom aktuelle samarbeidspartnarar. Tiltaka skal vere lokalt tilpassa utfordringsbiletet i den enkelte pilot og ha mogleg overføringsverdi til andre distriktskommunar.
forlenge avtaleperioden med to år, slik at den følgjer kommunestyreperioden i dei enkelte pilotane.
Det blir foreslått å løyve 76,9 mill. kroner.
Post 67 Utviklingstiltak i Andøy kommune
Mål for ordninga
Tilskotet skal bidra til fleire arbeidsplassar, utvikling og meir aktivitet i Andøysamfunnet, gjennom til dømes tilrettelegging for næringsutvikling, kapitalverkemiddel til næringslivet, kompetanseutvikling, og å bygge attraktive bu- og etableringsstadar for næringsliv og innbyggarar.
Kriterium for måloppnåing
Kriteria er styrkt næringsutvikling, sysselsetting, bustadsattraktivitet og utviklingsevne.
Oppfølging og kontroll
Kommunen skal sende departementet ein årsrapport for tilskotet innan 15. april påfølgande år. Årsrapporten skal følgje den overordna planen for Andøyfondet.
Rapport
Stortinget løyva i 2021 100 mill. kroner i tilskot til Andøy kommune. Tilskotet vart utbetalt til Andøy kommune 27. desember 2021. Departementet har etablert ei arbeidsgruppe med Andøy kommune, Nordland fylkeskommune, Nærings- og fiskeridepartementet, Siva og Innovasjon Noreg som i samarbeid har konkretisert kva midlane kan bli brukt til.
I tråd med tilskotsbrevet frå departementet vedtok kommunen ein plan for bruken av midlane frå Andøyfondet i juni 2023, innanfor dei fastsetje kriteria i tilskotsbrevet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 20 mill. kroner til Andøyfondet, som eit øyremerka investeringstilskot til The Whale. Regjeringa legger opp til å medverke med ytterlegare 55 mill. kroner til The Whale over dei neste to budsjettåra.
Departementet tildeler midlane til Andøy kommune, som vil tildele midlane vidare som eit investeringstilskot til The Whale. All offentleg stønad til The Whale må bli tildelt i tråd med regelverket for statsstønad.
Post 68 Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder
Mål for ordninga
Føremålet med ordninga var å setje kommunane betre i stand til å kompensere lokale verksemder som vart ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak og som hadde omsetningsfall og/eller auka kostnadar som følgje av dette. Ordninga skulle óg fungere som ei ventilordning for verksemder som hadde falt heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga.
Rapport
Ettersom smitteverntiltaka vart avvikla og det ikkje lenger var grunnlag for kompensasjon, vart attverande midlar ført tilbake til statskassa i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) for utfyllande rapport.
Post 69 Mobilisering til forskingsbasert innovasjon
Posten omfattar ordningane Forskningsbasert innovasjon i regionane (FORREGION) og FoU-program innan marin bioteknologi i Nord-Noreg (Mabit)
Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION)
Mål for ordninga
FORREGION skal få fleire verksemder til å bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt. Programmet skal mobilisere næringslivet til å bruke andre verkemiddel for forsking, som Forskingsrådets nasjonale program eller internasjonale ordningar.
Kriterium for måloppnåing
Innsatsen blir målt etter følgjande kriterium for måloppnåing:
Talet på verksemder som samarbeider med forskingsmiljø gjennom FORREGION.
Talet på verksemder som søkjer midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program.
Talet på verksemder som blir tildelte midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program.
Tildelingskriterium
Midlane til FORREGION blir fordelte til fylkeskommunane med utgangspunkt i tilskotsprofilen i 2021, som var basert på folketal, befolkningstettleik, aktivitetsnivå og særskilde behov. For fylka som blir delt frå 1. januar 2024 blir midlane delt i like delar. Fylkeskommunane forvaltar tilskotet og tildeler midlar til verksemder etter følgjande kriterium: kvalitet, relevans for utlysinga, forventa verknader, effektar og gjennomføring av prosjektet.
Oppfølging og kontroll
Kriterium for måloppnåing blir følgde opp gjennom årleg rapportering frå fylkeskommunane.
Departementet har i samråd med fylkeskommunane og Forskingsrådet fastsett ei forskrift for ordninga: Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementet sitt tilskot til Forskningsbasert innovasjon i regionane FORREGION forvalta av fylkeskommunane.
Rapport
2022 har vore første år der fylkeskommunane har hatt ansvar for ordninga. Som ein del av mobiliseringsdelen av programmet har over 1 400 verksemder tatt imot kompetansemekling i 2022. Det har mellom anna resultert i nærare 500 søknader frå verksemder, med bidrag frå kompetansemekling, til regionale, nasjonale og internasjonale program for forskingsfinansiering. Vidare har det vore gjennomført 137 forprosjekt og ei rekke nettverksmøte og annan mobiliseringsaktivitet som bidrar til å auka deltakinga til næringslivet i FoU-prosjekt, i nærast alle fylke.
FoU-program innan marin bioteknologi i Nord-Noreg (Mabit)
Mål for ordninga
Mabit skal bidra til auka verdiskaping i fiskeri- og havbruksnæring og i bioteknologisk industri, bidra til å styrkje forskingsdriven næringsutvikling og industrielle aktivitetar, og styrkje relevant fagkompetanse i desse næringane og fagmiljøa i Nord-Noreg.
Kriterium for måloppnåing
Innsatsen blir målt etter følgjande kriterium for måloppnåing:
Talet på verksemder som samarbeider med forskingsmiljø gjennom Mabit.
Talet på næringsaktørar som søkjer midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program gjennom Mabit.
Talet på næringsaktørar som blir tildelt midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program gjennom Mabit.
Talet på nyetableringar, lisensar og patent.
Tildelingskriterium
Følgjande kriterium skal bli vektlagt i tildelinga av midlar:
kvaliteten på prosjektet,
relevansen for prosjektet sett i forhold til utlysinga,
forventa verknader og effektar av prosjektet, under dette skal òg berekrafta for prosjektet bli vurdert,
gjennomføringsevne,
forsking og innovasjonshøgde.
Oppfølging og kontroll
Departementet har i samråd med Nordland og Troms og Finnmark fylkeskommunar fastsett ei forskrift for ordninga: Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementet sitt tilskot til FoU-program innan marin bioteknologi i Nord-Noreg (Mabit).
Kriterium for måloppnåing vil bli følgd opp gjennom årleg rapportering frå Troms og Finnmark fylkeskommune, og frå 1. januar 2024 frå Troms fylkeskommune.
Rapport
Ordninga vart overført til Kommunal- og distriktsdepartementet 1. januar 2022. Rapportering for 2022 ligg ikkje føre. Forskrifta vart gjort gjeldande frå 21. februar 2023. For rapport for 2021, sjå kap. 920 Noregs forskingsråd, post 50 Tilskot til næringsretta forsking i Prop. 1 S (2022–2023) for Nærings- og fiskeridepartementet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Fylkeskommunane skal forvalte midlane i tråd med regionale mål og planar. Fylkeskommunane skal samarbeide, planlegge og koordinere arbeidet med mobilisering til forskingsbasert innovasjon med Forskingsrådet og andre verkemiddelaktørar.
Troms og Finnmark fylkeskommune fekk frå 2022 oppdragsgivaransvaret for Mabit-programmet. Fylkeskommunen skal forvalte midlane i nært samarbeid med Nordland fylkeskommune, og frå 1. januar 2024 Finnmark fylkeskommune.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner for å styrkje ordningane.
Det blir foreslått å løyve 66,3 mill. kroner, høvesvis 60,2 mill. kroner til FORREGION og 6,1 mill. kroner til Mabit. Dette inkluderer gjennomføringskostnadar til fylkeskommunane.
Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at fylkeskommunane kan disponera midlane uavhengig av året løyvinga vart gitt.
Post 71 Investeringstilskot for store grøne investeringar
Investeringstilskotet er organisert som ei nasjonal ramme forvalta av Innovasjon Noreg, og er retta mot større investeringsprosjekt i distrikta med fokus på berekraft og klimatilpassing. Føremålet med ordninga er å samle finansielle ressursar til større enkeltprosjekt i distrikta, som fylkeskommunane ikkje har kapasitet til å finansiere gjennom eigne midlar.
Ordninga vart oppretta i 2022 under post 61, men vart frå og med 2023 flytta til ny post 71. Ordninga rapporterast under post 71, òg for budsjettåret 2022.
Mål for ordninga
Ordninga skal bidra til grøn omstilling, verdiskaping og sysselsetting i distrikta. Målgruppa er industriverksemder som ønskjer å gjennomføre større berekraftige prosjekt.
Kriterium for måloppnåing
Ordninga blir målt på kriteria omstilling, berekraft, verdiskaping, sysselsetting og nyskaping.
Tildelingskriterium
Løyvinga kan berre bli brukt innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte13. Innovasjon Noreg skal avlaste risiko og vere utløysande for at prosjekt blir gjennomført.
Tilskot kan bli gitt til fysiske investeringar som til dømes produksjonslokale eller produksjonsutstyr, og til utviklingsarbeid for teknologi og verdikjeder. Ved behandling av søknader skal Innovasjon Noreg legge vekt på berekraft, klimatilpassing, sysselsetting og regional næringsutvikling, òg verksemdene si rolle i grøne og sirkulære verdikjeder.
Oppfølging og kontroll
Investeringstilskot for store grøne investeringar blir forvalta av Innovasjon Noreg. Innovasjon Noreg følgjer opp ordninga etter eige kriterium og standardar for oppfølging og kontroll, og med jamleg rapportering til departementet. Måloppnåing blir vurdert på bakgrunn av årleg rapportering, effektmålingar og eksterne evalueringar.
Rapport
I 2022 gav Innovasjon Noreg tilsegn til 5 prosjekt med til saman 100 mill. kroner under ordninga for grønt investeringstilskot. Midlane gjekk til verksemder innan prosessindustri og bioøkonomi med prosjekt for resirkulering og sirkulære energiløysingar.
Innovasjon Noreg rapporterer at ordninga i 2022 bidrog til å utløyse investeringsplanar på over 1,9 mrd. kroner og sysselsettingsplanar på om lag 200 stillingar. Fleire av prosjekta fekk òg støtte gjennom dei regionale midlane (post 61), og miljøteknologiordninga hos Nærings- og fiskeridepartementet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner som følgje av ei gevinstrealisering for Innovasjon Noreg. Det blir foreslått å løyve 101,5 mill. kroner. Dette inkluderer gjennomføringskostnadar til Innovasjon Noreg. Prioriteringane følgjer mål, retningslinjer og programbeskriving for ordninga. Ordninga prioriterer prosjekt innan berekraft og klimaomstilling, og er øyremerkt investeringar i verkeområdet.
Departementet tildeler midlane til Innovasjon Noreg som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at Innovasjon Noreg kan disponere midlane uavhengig av året løyvinga vart gitt.
Post 74 Klyngjer og innovasjon
Posten omfattar ordningane klyngjeprogrammet (Norwegian Innovation Clusters) og Innovasjonspartnarskap hos Innovasjon Noreg. Kapasitetsløft (tidlegare FORREGION) blir foreslått flytta til kap. 500, post 50 Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd m.m. frå og med 2024, slik at løyvingar som går til forskingsprogram i Forskingsrådet blir samla på éin post i departementet. Til og med 2022 omfatta òg posten bioøkonomiordninga. Som følgje av opprettinga av Bionova vart finansiering og oppdrag for bioøkonomiordninga frå 2023 samla hos Landbruks- og matdepartementet.
I 2023 vart det under klyngjeprogrammet utlyst midlar til samarbeidsprosjekt med midlar frå tidlegare kap. 552, post 72. Denne utlysinga kom i tillegg til den ordinære løyvinga og drifta av programmet. Det planleggast tilsvarande utlysingar i 2024 og 2025.
Mål for ordninga
Norwegian Innovation Clusters (klyngjeprogrammet) skal bidra til auka verdiskaping og styrkt evne til innovasjon i deltakande verksemder gjennom samarbeid i klyngjer.
Innovasjonspartnarskap skal bidra til at offentleg sektor tek i bruk nye løysingar for samfunnsutfordringar i dag og i framtida.
Kriterium for måloppnåing
Felles kriterium for alle tilskota er innovasjon, samarbeid og kompetanse.
Klyngjeprogrammet blir i tillegg målt på økonomisk utvikling i dei deltakande verksemdene. Innovasjonspartnarskap blir òg målt på bruk av innovative løysingar i offentlege verksemder.
Tildelingskriterium
Samarbeidande verksemder kan søkje midlar frå klyngjeprogrammet til utvikling av klyngjesamarbeid. Det kan gis støtte til drift og prosjektgjennomføring til klyngjene, og deltakande klyngjer får tilbod om rådgiving og profilering av Innovasjon Noreg. Klyngjene søkjer opptak i dei ulike nivåa/fasane i programmet.
Offentlege verksemder kan søkje om å gjennomføre innovasjonspartnarskap. Midlane går primært til å finansiere utviklingsarbeid i verksemder, som del av innovative innkjøp.
Oppfølging og kontroll
Klyngjeprogrammet og innovasjonspartnarskap blir forvalta av Innovasjon Noreg. Drifta av klyngjeprogrammet er eit samarbeid mellom Innovasjon Noreg, Siva og Forskingsrådet.
Ordningane blir følgde opp av Innovasjon Noreg etter deira kriterium og standardar for oppfølging og kontroll, og med jamleg rapportering til departementet. Måloppnåinga blir vurdert på bakgrunn av årleg rapportering, effektmålingar og eksterne evalueringar.
Rapport
Norwegian Innovation Clusters
Programmet ga tilskot til prosjekt for totalt 168,4 mill. kroner i 2022. Av dette er 32,7 mill. kroner finansiert over posten, og resten er finansiert over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.
39 klyngjer har mottatt tenester frå programmet i 2022, i form av finansiering, rådgiving, nettverk, profilering, kompetanse og verktøy. Nye nettverk og tidlegare klyngjer har òg mottatt bistand. Det vart ikkje gjennomført utlysing for opptak av nye klyngjer for 2022 og 2023 som ei følgje av reduksjon i budsjettet for programmet. Rammene i programmet har i heilskap gått til å dekke lovnader ovanfor klyngjene som allereie er i programmet.
Klyngjeprogrammet involverer verksemder i alle fylke i landet, innan mellom anna fiske og oppdrett, industri, bygg og anlegg, helse, maritim og energi. Klyngjeprogrammet er viktig for innovativ omstilling i heile landet og verksemdene deltek i hovuddelen av søknadar som når opp i «Grønn plattform». Fleire av klyngjene deltek òg i eksportretta ordningar. Klyngjeverksemdene brukar meir forskings- og innovasjonsverkemiddel enn andre verksemder i næringslivet.
Verksemdene får auka verdiskaping og auka sysselsetting gjennom deltaking i programmet. Målingar viser at klyngjeverksemder har sterkare vekst i verdiskaping enn samanliknbare verksemder dei første tre åra dei er med i klyngja, og forskjellen varar ved.
Innovasjonspartnarskap
Det har ikkje vore løyva midlar til ordninga i 2022.
Bioøkonomiordninga
Programmet ga tilskot til prosjekt for totalt 49,6 mill. kroner i 2022. Av dette vart 13,4 mill. kroner finansiert over posten, og resten finansiert over budsjetta til andre departement.
Bioøkonomiordninga er ei viktig ordning for innovativ omstilling innan bygg i tre, digitalisering og automatisering i landbrukssektoren, og teknologi og grøne løysingar i fiskeri- og havbruksnæringa.
Etterspørselen etter ordninga var høg i 2022, både for nasjonale og distriktsretta midlar. Det er god geografisk spreiing på deltakarprosjekta.
Nasjonal og internasjonal innovasjonshøgd er på 71,5 pst. (vurdert av Innovasjon Noreg).
100 pst. av verksemdene rapporterer at støtta frå Innovasjon Noreg var utløysande for at prosjektet kunne gjennomførast, og 86 pst. rapporterer at ordninga har bidratt til auka kompetanse.
Kapasitetsløft
Sjå kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet, post 50.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å flytte 24,8 mill. kroner til kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet, post 50 Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd m.m., for å flytte løyvinga til Kapasitetsløft.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner som følgje av at løyvinga i 2023 til Alvdal kommune for å bygge eit magasin for lagring av Kjell Aukrust sine verk blir avslutta.
Det blir foreslått å løyve 28,3 mill. kroner, som prioriterast til klyngjeprogrammet.
Klyngjeprogrammet vil frå 2024 implementere ei ny innretning. Midlane frå departementa går til gjennomføring av programmet, og driftsstøtte og prosjektmidlar til deltakande klyngjer.
Innovasjonspartnarskap skal i utgangspunktet ikkje prioriterast i 2024.
Departementet tildeler midlane til Innovasjon Noreg som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at midlane kan disponerast uavhengig av året løyvinga vart gitt.
Post 76 Nordisk og europeisk samarbeid, kan overførast
Mål for ordninga
Posten omfattar tilskot til Noregs deltaking i transnasjonale og interregionale Interreg-program som dekker større europeiske regionar og anna internasjonalt samarbeid.
Grenseregionale Interreg-program blir omtalte under post 63 Interreg, Arktis 2030 og det norske Barentssekretariatet.
Kriterium for måloppnåing
Indikatorar for å vurdera måloppnåing blir fastsetje i programdokumenta for kvart enkelt Interreg-program.
Tildelingskriterium
Tildelingskriterium blir fastsetje i tråd med EU sitt regelverk og formulert i programdokumenta for kvart program. Til dømes grenseregional meirverdi, gjennomføringskapasitet, resultatorientering, berekraftig utvikling og bidrag til målet til programmet.
Oppfølging og kontroll
Forvaltninga av midlane er lagt til ulike styresmaktsorgan i landa innanfor programområda. Midlane blir disponerte av nasjonale og regionale representantar frå programlanda. Departementet kontrollerer at midlane er brukt i samsvar med føresetnadene gjennom overvakingskomiteen til programma.
Rapport
I 2022 har det vore aktivitet knytt til både Interreg-programma for perioden 2014–2020 og dei nye programma for perioden 2021–2027. Det vart gitt tilsegn på om lag 18,1 mill. kroner frå posten i 2022. Av dette er det gitt tilsegn for om lag 1,1 mill. kroner til OECD sitt program Local Economic and Employment Development (LEED) og Nordisk Atlantsamarbejde (NORA). Det er gitt om lag 1 mill. kroner i tilsegn til kontaktpunkta i 2022.
Interreg Nordlig Periferi og Arktis, Interreg Nordsjøen og Interreg Østersjøen har jobba innanfor områda økonomisk vekst, berekraftige lokalsamfunn, forsking, innovasjon og entreprenørskap, og konkurransekraft, klima, energi og miljø, berekraftig ressursforvaltning og grøn/smart transport og mobilitet.
Interreg Europe og URBACT har jobba med å styrkje høvesvis regionale og lokale myndigheiter sin kapasitet og kompetanse i arbeidet med å utvikle og gjennomføre strategiar og program for regional utvikling og byutvikling.
ESPON har jobba med å få fram samanliknbare fakta, analysar og scenario for utviklings-føresetnadene i europeiske regionar og byar gjennom ulike forskingsprosjekt.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 18,7 mill. kroner, høvesvis om lag 17,4 mill. kroner til Interreg, 500 000 danske kroner til driftstilskot til Nordisk Atlantsamarbejde (NORA) og 33 000 euro til ein nasjonal kontingent for deltaking i OECD LEED. Løyvinga til Interreg-programma inkluderer gjennomføringskostnadar og midlar til kontaktpunkta.
Kap. 554 Kompetansesenter for distriktsutvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 34 146 | 33 790 | 35 599 |
73 | Merkur, kan overførast | 65 540 | 61 310 | 69 531 |
Sum kap. 554 | 99 686 | 95 100 | 105 130 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke løn og andre driftsutgifter i Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret).
Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter for lokal samfunnsutvikling. Distriktssenteret skal arbeide for at distriktskommunane blir gode samfunnsutviklarar. Senteret skal bidra til å styrkje utviklingskapasitet og utviklingsinnsats i kommunane, i samarbeid med nasjonale og regionale aktørar. Senteret skal òg gi faglege innspel til nasjonal politikkutvikling.
Rapport
Distriktssenteret arbeider med kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling. Dei samarbeider med fylkeskommunane og andre samarbeidspartar, og prioriterer kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6. I 2022 hadde dei kontakt med minst 65 pst. av kommunane med sentralitet 6 og 33 pst. av kommunane med sentralitet 5.
Gjennom prosjekt som Distriktskommune 3.0, Veiledningspiloten, Aldersvenlege bustader og bumiljø, Gnist og andre aktivitetar har Distriktssenteret direkte oppfølging og tett kontakt med ein god del kommunar over tid.
Distriktssenteret har dei siste åra brukt mykje ressursar på å legge til rette for at metodar og verktøy er tilgjengelege digitalt på distriktssenteret.no. Dei har lagt stor vekt på brukartesting hos kommunalt tilsette, for å sikre at dette er nyttige verktøy i kommunane òg utan rettleiing. Likevel vil digitale verktøy berre vere eit tillegg til, og ikkje ei erstatning for direkte kontakt med kommunane. Evna til å bruke slike verktøy på eiga hand vil variere med kommunen sin kapasitet og kompetanse for utvikling.
På oppdrag frå Distriktssenteret gjennomførte Oxford Research hausten 2022 ei brukarundersøking blant alle kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6. Undersøkinga viser at Distriktssenteret bidrar til å føre kommunane i rett retning når det gjeld kompetanse, utviklingsarbeid og utviklingskapasitet. Resultata viser at mange vurderer bidraget frå Distriktssenteret som nyttig i utviklingsarbeidet. Kommunane rapporterte auka brukareffektar, samanlikna med brukarundersøkinga i 2019. Dette indikerer at Distriktssenteret bidrar til å gjere kommunane til betre samfunnsutviklarar.
Oxford peika på at det kan vere behov for tettare samarbeid med fylkeskommunane for å nå dei kommunane som treng det mest. Dei anbefalte òg at det vart gjennomført ei strategisk analyse for å vurdere korleis Distriktssenteret kan skape størst mogleg effekt av innsatsen.
Distriktssenteret har òg levert kunnskap som har gitt meirverdi for nasjonal politikkutvikling, jf. årsmeldinga for 2022 for meir informasjon om resultata av arbeidet deira i fjor.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I 2024 skal Distriktssenteret:
Prioritere arbeidsmåtar og innsats som gjer at mange kommunar i område med særlege distriktsutfordringar drar nytte av arbeidet.
Utvikle kunnskap og arbeidsformer som bidrar til at distriktskommunar tar i bruk gode løysingar for lokal samfunns- og tenesteutvikling.
Bidra til å styrkje kapasitet og kompetanse i distriktskommunane på innovasjon, fornying og omstilling.
Bidra til bustadutvikling i distriktskommunar, i samarbeid med Husbanken.
Forvalte og utvikle Merkur-programmet, for å sikre eit best mogleg tenestetilbod i bygdene der butikkane ligg.
Det blir foreslått å løyve 35,6 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3554, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 73 Merkur, kan overførast
Merkur-programmet er eit utviklings- og kompetanseprogram for utkantbutikkar. Programmet består av ulike kompetansetilbod og fem ulike tilskotsordningar.
Mål for ordninga
Merkur-programmet skal sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet, med tilleggstenester som aukar omsettinga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.
Programmet skal bidra til at daglegvaretilbodet held fram i område med spreidd busetting og liten marknad, og å styrkje samarbeidet mellom kommunar og butikkar, for å gi eit betre og samla tenestetilbod i desse områda. Programmet skal bidra til å styrkje den butikkfaglege kompetansen, auke talet på tilleggstenester i butikkane og styrkje grunnlaget for lønsam bokhandeldrift i distrikta.
Dagens verkemiddel i Merkur-programmet er følgjande:
Merkur Utvikling
I Merkur Utvikling går midlane i hovudsak til kurs, nettverkssamlingar, oppfølging frå Merkur-konsulentar og kundeundersøkingar.
Butikkar som oppfyller eitt av følgjande punkt kan vere med i kompetansedelen av Merkur-programmet: a) har ein nærmarknad på under 200 husstandar, b) er lokalisert til stader utan fast vegforbindelse eller c) har lang avstand, normalt 10 kilometer, til næraste alternative innkjøpsstad. Styret for Merkur-programmet kan unntaksvis godkjenne andre butikkar.
Investeringstilskot til daglegvarebutikkar
Målet er å bidra til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønsame og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Det blir gitt investeringsstøtte til fysiske investeringar i butikkane.
Kriteria for måloppnåing er omsettingsutvikling og overlevingsrate blant Merkur-butikkar. For mange butikkar er det viktig å finne fleire tilleggstenester som kan gi inntekter og som styrkjer butikken.
Ordninga gjeld heilårsopne daglegvarebutikkar i område med få innbyggarar som har eit varetilbod som dekker det alminnelege ernæringsbehovet og andre grunnleggande behov for daglegvarer, og som oppfyller krav til omsetningstal, kundegrunnlag og avstand til alternative innkjøpsstader, jf. Forskrift om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta) for utfyllande regelverk.
Servicetilskot til dei minste daglegvarebutikkane
Målet er å bidra til at dei minste daglegvarebutikkane tilbyr tilleggstenester til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Det skal bidra til å oppretthalde drifta.
Det gis tilskot til å dekke utviklings- og driftskostnadar, og mindre investeringar som bidrar til å nå målet med ordninga.
Kriteria for måloppnåing og tildelingskriteria er dei same som for investeringsstøtta.
Investeringstilskot til drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil ved daglegvarebutikkar
Målet er å sikre drivstofftilgangen i distrikta.
Kriteria for måloppnåing er at talet på butikkar som har drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil held seg/aukar, og at omsetningsutviklinga for butikken er positiv.
Ordninga gjeld i all hovudsak opprusting og etablering av drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil ved Merkur-butikkar. Hovuddelen av støtte til ladestasjonar for elbil er gjennom støtte frå ENOVA. Anlegget skal vere avgjerande for å sikre lokalbefolkninga tilgang på drivstoff. Salsvolumet skal ikkje overstige 500 000 liter drivstoff per år.
Utviklingstilskot til bokhandlarar
Målet er å bidra til å styrkje grunnlaget for lønsam bokhandeldrift i distrikta.
Kriteria for måloppnåing er at butikken har auka omsetting.
Ordninga gjeld Merkur-bokhandlarar. Det kan gis tilskot til bokhandlarar som er den einaste bokhandelen på tettstaden, og som har ei omsetting på mindre enn 7 mill. kroner. Utviklingsstøtta skal bli brukt til tidsavgrensa tiltak, som skal utvikle bokhandelen som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Det gis støtte til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, mellom anna til tilrettelegging for tilleggsfunksjonar.
Oppfølging og kontroll
Merkur-programmet blir forvalta av Distriktssenteret. Departementet oppnemner eit styre som gir strategiske føringar for arbeidet med Merkur-programmet. Styret fordeler midlane mellom dei ulike verkemidla i Merkur. Distriktssenteret forvaltar Merkur-programmet, og fører tilsyn med at krava i Forskrift om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta) av 1. juni 2018 og tilskotsbrev til butikkane blir oppfylte.
Rapport
I 2022 vart det gitt 241 tilsegn på i snitt 223 000 kroner. Det har vore ein nedgang i talet på tilsegn om ordinær støtte, men det blir gitt meir støtte per søknad. Auka i støtte per tilsegn er markant, og skuldast truleg interessa for investering i ny teknologi. Totalt 43 butikkar fekk innvilga støtte på mellom 500 000 og 600 000 kroner.
85 pst. av dei ordinære støttemidlane i 2022 gjekk til investeringsstøtte, 10 pst. til servicestøtte og 4 pst. til drivstoffstøtte.
Totalt er det utbetalt 47,8 mill. kroner i støtte til nærbutikkar og bokhandlarar i 2022. Av desse er 0,3 mill. knytt til tilsegn gitt i 2020, 26,4 mill. kroner er knytt til tilsegn gitt i 2021 og 21 mill. kroner er knytt til tilsegn gitt i 2022. Det er naturleg at tilsegn som blir gitt eitt år, i hovudsak har utbetaling påfølgjande år og til en viss grad året etter det igjen. Det tar tid å fullføre investeringane.
I 2022 vart tilsegn tilsvarande 4,9 mill. kroner inndratt, anten fordi prosjekt ikkje vart gjennomført, eller at dei vart rimelegare enn venta. Inndratte midlar er stort sett gitt til nye tilsegn på 2022-ramma, medan ein mindre sum er overført til 2023-ramma.
Stor auke i kostnadar, spesielt til straum, gjorde at ei rekke Merkur-butikkar fekk store økonomiske utfordringar i 2022. Stortinget løyvde 23 mill. kroner til ekstraordinær straumstøtte for perioden september–desember jf. Prop. 142 S (2021–2022) og Innst. 34 S (2022–2023). Totalt vart det utbetalt om lag 11 mill. kroner i straumstøtte til Merkur-butikkar for 2022. Straumstøttemidlane som ikkje vart nytta i fjor, er overført til 2023, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023). Midlane skal bli prioritert til å vidareføre straumstøtta og til ENØK-tiltak i Merkur-butikkar.
I arbeidet med å forvalte og utvikle Merkur-programmet har Distriktssenteret lagt stor vekt på korleis dei kan bruke programmet til å stimulere og legge til rette for at det òg i framtida eksisterer eit godt utbygd nettverk av nærbutikkar. Butikkane er viktige bidragsytarar for å skape attraktive lokalsamfunn. Distriktssenteret er opptekne av å utvikle butikkane til ein god møteplass med ulike tenester for folk i lokalsamfunna.
Sidan den første pilotbutikken med ny teknologi med høve til delvis sjølvbetent butikk opna våren 2020, har over 40 Merkur-butikkar investert i slik teknologi. Desse butikkane har hatt ei svært positiv omsetningsutvikling og styrkt si evne til overleving.
Pilotprosjektet «Framtidas nærbutikk i det flerfunksjonelle bygget» har starta. Pilotprosjektet vil gjennom innovasjon og utvikling legge grunnlaget for nye arbeidsmetodar for å utvikle lokalsamfunna, med nærbutikken som eit nav. Det kom inn 17 søknader om å delta som pilot i prosjektet. Nordmela Handleri og kafé (Andøya), Gamvik handel (Gamvik) og Joker Grue Finnskog (Grue) er dei tre pilotane i prosjektet.
Merkur-programmet har gjennom eit eige pilotprosjekt kartlagt energiforbruket i ti Merkur-butikkar i Agder. Erfaringane frå dette arbeidet skal gi mange svar om kva energieffektiviserande tiltak dei enkelte butikkane bør prioritere for å redusere utgifter til straum og drive meir berekraftig. Mellom anna ser vi at bevisstgjeringa ved systematisk overvaking i seg sjølv kan gi 10 pst. reduksjon av straumforbruket. Samstundes gir overvakinga grunnlag for prioritering av butikken sine ENØK-investeringar. Potensialet er stort, både for økonomiske innsparingar og meir berekraftig drift. Erfaringane frå prosjektet er viktige for vurderingane Distriktssenteret gjer rundt prioritering av støtte til investering i ENØK-tiltak i tida framover.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,3 mill. kroner for å styrkje ordningane.
Hovuddelen av midlane til Merkur skal bli brukt til kompetansetiltak overfor butikkane, til utviklingsprosjekt som skal styrkje butikkane si lønsemd og til konkrete investeringar i butikkane som sikrar vidare drift. Dei minste butikkane i dei mest perifere områda skal bli prioritert.
Det blir foreslått å løyve 69,5 mill. kroner til Merkur-programmet.
Programkategori 13.60 Samiske føremål
Utgifter under programkategori 13.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
560 | Samiske føremål | 574 040 | 605 894 | 662 790 | 9,4 |
563 | Internasjonalt reindriftssenter | 12 578 | 9 285 | 9 754 | 5,1 |
Sum kategori 13.60 | 586 618 | 615 179 | 672 544 | 9,3 |
Inntekter under programkategori 13.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3563 | Internasjonalt reindriftssenter | 6 023 | 3 009 | 3 141 | 4,4 |
Sum kategori 13.60 | 6 023 | 3 009 | 3 141 | 4,4 |
Innleiing
Samane er anerkjente som urfolk i Noreg. I tråd med Grunnlova § 108 har regjeringa som mål å legge til rette for at det samiske folket, som urfolk, kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt. Noreg har òg folkerettslege forpliktingar som legg føringar for samepolitikken, mellom anna ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar og FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27.
Sametinget er det folkevalde organet til samane og regjeringa sin viktigaste premissleverandør og dialogpartnar i samepolitiske spørsmål. Regjeringa bygger vidare på dei institusjonelle og rettslege rammene som allereie er lagde for samepolitikken.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for å samordne statleg politikk som gjeld samane i Noreg, og skal arbeide for heilskap og samanheng i politikken, på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Kvart fagdepartement har eit ansvar for å følgje opp statleg politikk overfor samane innanfor sin sektor.
Det er staten sitt ansvar å sikre at omsynet til samane blir ivaretatt og at dei folkerettslege forpliktingane blir etterlevde. Samstundes legg staten til grunn at kommunar og fylkeskommunar på eige initiativ, og som del av lokaldemokratiet, òg følgjer opp forpliktingane sine overfor dei samiske innbyggarane. Til dømes har kommunane eit ansvar for opplæring i samisk.
Mål for programkategorien
Samane kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt
Samane deltek i offentlege avgjerdsprosessar
Samane får gode og likeverdige tenester
Mål 1 Samane kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt
Å styrkje samiske språk og samiske institusjonar er viktig for å sikre og utvikle samisk kultur og samfunnsliv. Sametinget er den sentrale aktøren i dette arbeidet. Sametinget tar imot hovudløyvinga si over kap. 560, post 50, som dekker løyvingar til å styrkje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. Meir kunnskap gjer det enklare å sikre og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet. Auka kunnskap i befolkninga om samar og samiske forhold kan òg motverke hatytringar, diskriminering, stereotypiar og negative haldningar. Samar kan oppleve hets og hatytringar fordi dei er samar når dei ytrar seg offentleg. Auka kunnskap kan gjere det lettare for samar å ytre seg og delta i det offentlege rommet utan å bli utsette for hets. Kommunal- og distriktsdepartementet støttar derfor fleire tiltak som gir auka kunnskap om samiske forhold, mellom anna gjennom ordninga med samiske vegvisarar over kap. 560, post 55. Endringar i samelovas språkreglar trer i kraft 1. januar 2024. Frå dette tidspunktet blir forvaltningsområdet for samiske språk delt inn i tre ulike kommunekategoriar, der rettane for språkbrukarane er ulike. Dei nye kategoriane er betre tilpassa behova i dei ulike kommunane i forvaltningsområdet. Dei kommunane som er innlemma i dag blir innplasserte i ein av dei to kategoriane som har det høgaste nivået av rettar. Den tredje kategorien senkar terskelen for at nye kommunar kan søkje om innlemming i forvaltningsområdet.
Mål 2 Samane deltek i offentlege avgjerdsprosessar
Det er eit sentralt politisk mål at samane skal ha reell innverknad på avgjerder som gjeld dei sjølve. Når det gjeld tiltak som er omfatta av kap. 560, post 50, som saker om bevaring og revitalisering av samiske språk og arbeid med å samle inn og sikre samisk tradisjonell kunnskap, er det naturleg at Sametinget tar avgjerdene. I andre saker står statlege styresmakter for avveging av interesser og ei endeleg avgjerd. Då er det viktig å sørgje for reell involvering før avgjerda blir fatta.
Forskrifter i samelova om konsultasjonar med samiske interesser har vore i kraft sidan juli 2021. Lovforskriftene skal legge til rette for meir effektive og betre konsultasjonar mellom offentlege styresmakter og Sametinget, eller andre samiske interesser. Lova forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltningsnivå, òg kommunar og fylkeskommunar. Lovfestinga av konsultasjonsplikta endrar ikkje på det kommunale sjølvstyret.
Mål 3 Samane får gode og likeverdige tenester
Målet om at samane får gode og likeverdige tenester gjeld tenester frå både staten, fylkeskommunane og kommunane. Det betyr at offentlege tenester må vere tilpassa behova til målgruppa for tenestene, mellom anna slik at samiske brukarar eller pasientar blir møtte av saksbehandlarar og personale med tilpassa språk- og kulturkompetanse. Det gjeld til dømes i møte med instansar som barnevernet, psykisk helsevern, familievernkontor, politi eller sjukeheim.
Regjeringa arbeider langs fleire linjer for å auke kunnskapen og kompetansen i samisk språk og kultur blant tilsette i det offentlege tenesteapparatet. I dei nye reglane i samelova som trer i kraft 1. januar 2024, er det no klart at det blir høve til å stille krav til samiskkunnskapar ved utlysing av stillingar, når det er behov for slik kompetanse. Retten til løna utdanningspermisjon til alle tilsette i offentlege organ som har behov for samiskspråkleg kompetanse blir òg utvida. Det overordna målet med Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning, er at fleire skal velje samisk barnehagetilbod og samisk i heile grunnopplæringa, og at fleire ønskjer å ta ei samisk profesjonsutdanning eller anna samisk høgare utdanning.
Berekraftsmåla
Gjennom arbeidet sitt bidrar Sametinget og Internasjonalt reindriftssenter til å oppfylle berekraftsmål 11.4 om å styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarv i verda.
I samelova er plikta til å konsultere Sametinget og samiske interesser for alle forvaltningsnivå forankra, dette gjeld òg for kommunar og fylkeskommunar. Lova legg til rette for gode demokratiske prosessar og skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane, slik at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene. Dette er i tråd med berekraftsmål 16.7 om å sikre lydhøyre, inkluderande, medbestemmande og representative avgjerdsprosessar på alle nivå.
Kap. 560 Samiske føremål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
50 | Samisk språk, kultur og samfunnsliv | 560 644 | 592 114 | 641 721 |
51 | Divvun | 7 780 | 8 003 | 12 919 |
55 | Samisk høgskule | 5 616 | 5 777 | 8 150 |
Sum kap. 560 | 574 040 | 605 894 | 662 790 |
Post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv
Sametinget er eit folkevald, politisk organ. Det er eit sentralt politisk mål at samane skal ha reell innflytelse på avgjerder som gjeld dei sjølve. I sakar som gjeld samane, er det derfor naturleg at Sametinget fattar avgjerdene. Regjeringa er ikkje ansvarleg for Sametingets politiske verksemd, eller vedtaka som Sametinget gjer som politisk organ.
Rapport
Regjeringa legg årleg fram ei framoverskodande melding om samisk språk, kultur og samfunnsliv. Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høgare utdanning vart lagt fram for Stortinget 24. mars 2023. Sametingets årsmelding er særskild vedlegg til meldinga. Sametingets bruk av midlar løyva over statsbudsjettet går fram av årsmeldinga.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Løyvinga blir forvalta i heilskap av Sametinget. Sametinget gjer sjølvstendige prioriteringar som folkevald, politisk organ. Vedtaka til Sametinget kan lesast på sametinget.no.
Løyvinga blir foreslått auka med 3,6 mill. kroner til Sametingets språkarbeid knytt til oppfølging av Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Det samlokaliserte prosjektet med nybygg i Kautokeino skal etter planen vere klart for innflytting i løpet av 2024. Nybygget blir oppført som del av husleieordninga i staten, og omfattar nye lokale for Det samiske nasjonalteateret Beaivváš. Det er foreslått at løyvinga blir auka med 8,3 mill. kroner til dekning av husleige for Beaivváš i 2024.
Det blir foreslått å løyve 641,7 mill. kroner.
For ei samla oversikt over løyvingar til Sametinget og andre samiske føremål blir det vist til publikasjonen Løyvingar til samiske føremål i statsbudsjettet 2024 på regjeringa.no.
Post 51 Divvun
Løyvinga skal brukast til drift av Divvun-gruppa, som er ei eiga språkteknologisk eining ved UiT Noregs arktiske universitet. Divvun utviklar samisk språkteknologi og driftar mellom anna retteprogram for samiske språk til bruk på ulike dataplattformer.
Rapport
Språkverktøya frå Divvun blir brukte av stadig fleire, både til forsking og praktiske føremål. I 2020 vart den første grammatikkontrollen på nordsamisk lansert, og i 2023 vart grammatikkontrollar for lulesamisk og sørsamisk lanserte. Både grammatikkontrollane og andre program er under stadig oppdatering. Det gjeld òg mobiltastatur og korrekturverktøy. Divvun har omfattande internasjonalt samarbeid. I samarbeid med relevante språkmiljø har dei laga stavekontrollar for fleire minoritetsspråk, mellom anna for andre samiske språk i Norden og for kvensk. I 2022 har Divvun jobba vidare med eit prosjekt for taleteknologi med fokus på lulesamisk talesyntese. I samband med dette prosjektet har Divvun òg eksperimentert med talegjenkjenning, med lovande resultat. Divvun har hatt noko publikumsretta aktivitet i 2022, og har kontakt med brukarar både gjennom sosiale medium og ved besøk på institusjonar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Divvun skal arbeide vidare med å oppdatere, halde ved like og forbetre språkverktøya, og å forenkle installeringa av verktøya. Vidare skal Divvun fullføre tekst-til-tale-prosjektet for lulesamisk og lanseringa av oppdaterte nettordbøker. Divvun skal utvikle ein sørsamisk talesyntese. Divvun skal òg arbeide vidare med å informere aktuelle brukarar om verktøya, og auke tilgjengelegheita si på sosiale medium. Samarbeidet med relevante miljø nasjonalt og internasjonalt skal førast vidare.
Som følgje av auka bruk av tenestene til Divvun, og behov for meir teknisk vedlikehald, er det behov for å styrkje drifta ved eininga. Det er òg behov for ei styrking av Divvuns utviklingsarbeid, slik at Divvun kan halde fram arbeidet med utvikling av nye, og vidareutvikling av eksisterande språkverktøy. Løyvinga blir foreslått auka med 4,4 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 12,9 mill. kroner.
Post 55 Samisk høgskule
Løyvinga skal dekke drift av fagleg analysegruppe for samisk statistikk og drift av ordninga med samiske vegvisarar.
Rapport
Vegvisarordninga opplever stor pågang og har i 2022 hatt venteliste for skular som ønskjer besøk. Samisk høgskole har arbeidd vidare med å fylle nettsida samiskeveivisere.no med fagleg innhald og med synleggjering og publisering på sosiale medium.
Analysegruppa gir kvart år ut publikasjonen Samiske tall forteller – Kommentert samisk statistikk. I 2023 blir den femtande utgåva gitt ut.
Som medlem i analysegruppa inngår Samisk høgskole, UiT Noregs arktiske universitet, Nord universitet, Statistisk sentralbyrå og OsloMet – storbyuniversitetet. Samisk høgskole har sekretariatsansvar for gruppa.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Dei samiske vegvisarane skal halde fram arbeidet med å bidra til auka kunnskap om samar og samiske forhold blant unge i Noreg, under dette halde fram drifta og vidareutviklinga av nettsida samiskeveivisere.no som ein informasjonskanal. Informasjonsarbeidet til vegvisarane har som mål å motverke hets, hatytringar og fordommar mot den samiske befolkninga.
Som følgje av auka etterspørsel frå skular om besøk frå vegvisarane, blir løyvinga foreslått auka med 2 mill. kroner, slik at ordninga kan utvidast med to vegvisarar.
Analysegruppa skal innan 30. juni kvart år legge fram ein rapport til Kommunal- og distriktsdepartementet og Sametinget. Rapporten skal gi ei situasjonsskildring og analyse av utvalde, sentrale utviklingstrekk i det samiske samfunnet i Noreg.
Det blir foreslått å løyve 8,2 mill. kroner.
Kap. 563 Internasjonalt reindriftssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 6 555 | 6 276 | 6 613 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 6 023 | 3 009 | 3 141 |
Sum kap. 563 | 12 5l78 | 9 285 | 9 754 |
Post 01 Driftsutgifter
Internasjonalt reindriftssenter i Kautokeino er ein fagleg sjølvstendig institusjon som vedtar eigne mål og resultatkrav innanfor dei rammene som departementet fastsett.
Senteret arbeider for berekraftig reindrift i nordområda, å styrkje samarbeidet mellom reindriftsfolk, å spreie kunnskap om verdas reindrift, ivaretaking av tradisjonell kunnskap og kunnskapsutvikling, og å støtte Verdensforbundet for reindriftsfolk og dei internasjonale aktivitetane deira.
Rapport
Internasjonalt reindriftssenter vidareutvikla i 2023 urfolkssamarbeidet sitt med institusjonar, organisasjonar og reindriftsfolk i Mongolia, Grønland, Kina, Nord-Amerika og Norden. Gjennom folk-til-folk-samarbeid i nordområda har senteret saman med Verdensforbundet for reindriftsfolk initiert prosjekt som vektlegg lokal kompetansebygging med eit særskild fokus på klimatilpassing.
Senteret rapporterer om store endringar i urfolkssamfunn i Arktis på grunn av klimaendringar, globalisering og industriell utbygging. Senteret har vidareutvikla det internasjonale institusjonssamarbeidet sitt med universitet og forskingsinstitutt i Nord-Amerika og EU, mellom anna med Belfer Center ved Harvard-universitetet.
I partnarskap og samarbeid med desse miljøa har senteret starta opp utdanningsprogram i leiing, resiliens og klimatilpassing for arktiske urfolksungdommar i nordområda. Senteret har gjennom Global Environment Facility (GEF) fått finansiert det nye globale prosjektet sitt for resiliens i reindrifta, der kurs for urfolksungdom i utviklingsland står sentralt.
Senteret har gjennomført hovudprosjektfasen for Boaššu – NOMAD Indigenous FoodLab, med støtte over Kommunal- og distriktsdepartementets kap. 500, post 21. Senteret har jobba vidare med utvikling av konseptet og har gjennomført fleire FoodLab-arrangement nasjonalt og internasjonalt. Boaššu vart offisielt opna 16. august 2022.
Senteret er i gang med hovudprosjektfasen av FoU-prosjektet «Peatlands/ Reindeer Herders and Resilience», saman med FNs miljøprogram (UNEP), regjeringa i Mongolia, University of the Arctic (UArctic) og partnarar, med status som forvaltningseining under UNEP. Senteret samarbeider òg om urfolks matsystem med FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).
Senteret har tatt aktivt del i Arktisk råds utvikling av metodar for deltakande miljøobservasjonar, mellom anna i samspel med aktørar i Alaska. Senteret har gjennomført leveransane sine til fleire større forskingsprosjekt, inkludert publisering av ei rekke vitskaplege artiklar innanfor felta klimatilpassing og urfolk sine matsystem. På grunn av krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland, har senteret sett alt institusjonelt samarbeid med Russland på pause.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Styret for senteret set sine eigne prioriteringar. Senteret har planar om å arbeide med nye kunnskapsstrategiar for urfolkssamarbeid i nordområda og å halde fram med arbeidet med berekraftsmåla og engasjement av urfolksungdom, med særleg fokus på klimatilpassing og motstandsdyktigheit. Senteret har òg planar om å halde fram arbeidet med urfolk sine matsystem, tradisjonell kunnskap og verdiskaping.
Det blir foreslått å løyve 6,6 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Posten dekker utgifter knytte til eksternt finansierte prosjekt og har tilsvarande inntekter på kap. 3563, post 02.
For rapportering, sjå omtale under kap. 563, post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Styret for senteret set sine eigne prioriteringar, jf. omtalen under post 01. Post 21 blir brukt til eksternt finansierte aktivitetar.
Det blir foreslått å løyve 3,1 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3563, post 02, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 3563 Internasjonalt reindriftssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
02 | Diverse inntekter | 6 023 | 3 009 | 3 141 |
Sum kap. 3563 | 6 023 | 3 009 | 3 141 |
Post 02 Diverse inntekter
På posten blir det ført inntekter knytte til eksternt finansierte prosjekt i regi av Internasjonalt reindriftssenter. Tilhøyrande utgifter blir ført på kap. 563, post 21.
Det blir foreslått å løyve 3,1 mill. kroner.
Programkategori 13.67 Nasjonale minoritetar
Utgifter under programkategori 13.67 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
567 | Nasjonale minoritetar | 55 952 | 59 014 | 67 630 | 14,6 |
Sum kategori 13.67 | 55 952 | 59 014 | 67 630 | 14,6 |
Innleiing
Etniske, religiøse og/eller språklege minoritetar med langvarig tilknyting til landet blir rekna som nasjonale minoritetar. Jødar, kvener/norskfinnar, romar, romanifolk/taterar og skogfinnar er anerkjende som nasjonale minoritetar i Noreg. Når det gjeld spørsmål om kven som høyrer til ein nasjonal minoritet, skal styresmaktene legge vekt på sjølvidentifiseringa til den enkelte.
Noregs politikk overfor nasjonale minoritetar bygger på prinsippet om likeverd og ikkje-diskriminering og er forankra i internasjonale menneskerettskonvensjonar, som FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar og den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for å samordne statleg politikk som gjeld nasjonale minoritetar og skal arbeide for heilskap og samanheng i politikken, på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Kvart departement har ansvar for å følgje opp den statlege politikken innanfor sin sektor. Det er staten sitt ansvar å sikre at omsynet til nasjonale minoritetar blir varetatt. Staten legg til grunn at kommunar og fylkeskommunar følgjer opp aktuelle forpliktingar.
Mål for programkategorien
Dei nasjonale minoritetane deltek aktivt i samfunnet og kan uttrykke og vidareutvikle språka sine og kulturen sin
Dei nasjonale minoritetane deltek i offentlege avgjerdsprosessar
Dei nasjonale minoritetane får gode og likeverdige tenester
Mål 1 Dei nasjonale minoritetane deltek aktivt i samfunnet og kan uttrykke og vidareutvikle språka sine og kulturen sin
Det er eit mål at dei nasjonale minoritetane deltek aktivt i samfunnet og kan uttrykke og vidareutvikle språka sine og kulturen sin. Verkemiddel i språk-, kultur- og opplæringspolitikken er sentrale for å nå dette målet. Kunnskap om nasjonale minoritetar og kulturuttrykka deira kan motverke diskriminering, stereotypiar og negative haldningar. Kommunal- og distriktsdepartementet støtter derfor tiltak som kan gi større innsikt i situasjonen til dei nasjonale minoritetane.
Mål 2 Dei nasjonale minoritetane deltek i offentlege avgjerdsprosessar
Målet er avleidd av Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar artikkel 15, der det står at «partane skal skape dei føresetnadane som er nødvendige for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, er sikra effektiv deltaking i det kulturelle, sosiale og økonomiske livet og i offentlege saker, særleg dei som gjeld dei sjølve». Det skjer mellom anna gjennom tilskot til organisasjonane til dei nasjonale minoritetane, og gjennom å etablere arenaer for dialog mellom sentrale styresmakter og organisasjonane til minoritetane.
Mål 3 Dei nasjonale minoritetane får gode og likeverdige tenester
Nasjonale minoritetsgrupper har historisk erfaring med statleg diskriminering. Dette kan prege forholdet gruppene har til offentlege styresmakter i dag og påverke om, og korleis, dei oppsøkjer offentlege tenester. Kommunane har ansvar for å sikre innbyggarane gode og likeverdige tenester innanfor til dømes barnehage, grunnopplæring og ulike helse- og velferdstenester. Det er derfor viktig at kommunane har kjennskap til nasjonale minoritetar.
For å styrkje kunnskapen om nasjonale minoritetar i forvaltninga, har Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeidd eit e-læringskurs om urfolk og nasjonale minoritetar, der målgruppa er tilsette i statsforvaltninga og i kommunane.
Berekraftsmåla
Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer oppfølginga av Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar artikkel 15, og bidreg slik til å nå berekraftsmål 16.7 om å sikre lydhøyre, inkluderande, deltakarbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå. Dette blir gjort gjennom å støtte dei nasjonale minoritetane sine eigne organisasjonar, og gjennom å etablere eigne arenaer for dialog mellom sentrale styresmakter og minoritetane sine organisasjonar. Det blir gitt støtte til organisasjonane via tilskotsordningane for nasjonale minoritetar, kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur og romanifolket/taterane. Departementet har faste årlege møte med dei enkelte interesseorganisasjonane og arrangerer òg eit felles dialogmøte éin gong i året, der alle dei nasjonale minoritetane er representerte.
Løyvinga på kap. 567, post 60 skal bidra til at romske barn gjennomfører skulegang, og speglar berekraftsmål 4.1 om å sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei eit relevant og reelt læringsutbytte. Eit sentralt prinsipp i berekraftsmåla er at ingen skal utelatast. Mange vaksne romar har lite skulegang, og romske barn har utfordringar med å fullføre skulegangen.
Kap. 567 Nasjonale minoritetar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
60 | Romar, kan overførast | 5 789 | 6 508 | 6 937 |
70 | Nasjonale minoritetar, kan overførast | 8 197 | 8 430 | 10 117 |
72 | Dei jødiske samfunna i Noreg | 10 726 | 10 511 | 13 806 |
73 | Kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur, kan overførast | 11 118 | 10 923 | 12 679 |
74 | Kultur- og ressurssenter for norske romar | 17 086 | 17 168 | 18 266 |
75 | Romanifolket/taterane, kan overførast | 3 036 | 5 474 | 5 825 |
Sum kap. 567 | 55 952 | 59 014 | 67 630 |
Post 60 Romar, kan overførast
Målet for ordninga er å betre levekåra til norske romar, særleg gjennom tiltak i skulen.
Kriteria for måloppnåing er at romar deltek i tiltaka og får moglegheit til å bidra i utforminga av dei.
Midlane på posten skal dekke tiltak under skulelosordninga i Oslo kommune og tiltak retta mot romar i Lørenskog kommune. Dei fleste romar i Noreg bur i dag i Oslo og Lørenskog kommunar. Tilskotet gjeld òg oppfølging av romske elevar i andre nærliggande kommunar.
Departementet følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sette i regelverk og i tilskotsbrev.
Rapport
Skulelosane har arbeidd med å styrkje læringsutbyttet til elevar med rombakgrunn, redusere fråvær og auke delen elevar som fullfører grunnopplæringa.
Pandemien hadde store konsekvensar for deltakinga til romske barn på skulen. Skulelostenesta hjelpte i 2022 elevar, familiar og skular med å få elevane tilbake på skulen etter pandemien.
Skulelostenesta har eit tospråkleg førskuletilbod. Føremålet er å styrkje tospråklegheita til barna og den romske identiteten deira, og å lette overgangen til skule.
Lørenskog kommune sette i 2022 i gang tiltak for å redusere utfordringane som romar opplever i møtet med det kommunale tenesteapparatet og i nærmiljøet. I 2023 har Lørenskog vore opptekne av å nå barn og unge med tiltaka, skape gode møteplassar for dei og legge til rette for god tilknyting til skulen.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I 2024 skal skulelosordninga, som blir drifta av Oslo kommune, halde fram med å hjelpe romske elevar og familiane deira og skular for å bidra til at fleire elevar fullfører skulen.
Samarbeidet mellom Oslo og Lørenskog kommunar held fram. Mange romske familiar har flytta til Lørenskog dei siste åra. Det er viktig at elevane, familiane og skulane òg der får nødvendig oppfølging.
Skulelosordninga vidarefører samarbeidet med Romano Kher.
Det blir foreslått å løyve 6,9 mill. kroner.
Post 70 Nasjonale minoritetar, kan overførast
Målet for ordninga er å styrkje nasjonale minoritetar sin kultur, språk og eigenorganisering. Det er eit særleg mål at organisasjonane til dei nasjonale minoritetane sjølve kan fremje interessene sine overfor ulike styresmakter.
Kriterium for måloppnåing for driftstilskotet er grada av eigenorganisering hos dei nasjonale minoritetane, om språk og/eller kultur blir styrkt, og grada av deltaking i offentlege avgjerdsprosessar.
Kriterium for måloppnåing for prosjekttilskotet er talet på arrangerte prosjekt, kurs og aktivitetar som fremjar føremålet, talet på personar som deltek eller blir nådde gjennom prosjekta, grad av kontakt mellom organisasjonane, og talet på barn og unge som blir nådde.
Tildelingskriterium
Tilskot over ordninga kan bli gitt både som driftstilskot til organisasjonane som representerer dei nasjonale minoritetane og som prosjekttilskot.
For å få driftstilskot er det krav om at organisasjonen har som føremål å fremje interessene og ivareta rettane til nasjonale minoritetar i Noreg. Tilskot blir gitt ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering, mellom anna basert på talet på medlemmer, talet på lokallag og aktivitetar i organisasjonen.
Prosjekttilskot skal bidra til å styrkje nasjonale minoritetar sitt språk, kultur og identitet. Det er eit særleg mål å styrkje språk og identitet hos barn og unge. Tilskot blir gitt til frivillige organisasjonar, kommunar, institusjonar og føretak som har verksemd knytt til nasjonale minoritetar.
Oppfølging og kontroll
Kulturdirektoratet gir tilskot etter søknad og følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krav og vilkår som er sett i forskrift om tilskot til nasjonale minoritetar, og eventuelle retningslinjer fastsett av Kulturdirektoratet og i tilskotsbrev. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans. Kulturdirektoratet har ansvar for å evaluere ordninga.
Rapport
Av ei total ramme på om lag 8,2 mill. kroner i 2022 fordelte Kulturdirektoratet om lag 5,7 mill. kroner i driftsstøtte til sju organisasjonar og om lag 2,5 mill. kroner til 25 ulike prosjekt. Driftsmidlane bidrog til at organisasjonane kunne gjennomføre faste møte og arrangement, og delta i offentlege avgjerdsprosessar. Prosjekttilskota bidrog til å styrkje språket og kulturen til minoritetane, og til auka barne- og ungdomsarbeid blant minoritetane.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det vil bli gitt tilskot til drift av organisasjonar og til prosjekt som bidreg til å styrkje nasjonale minoritetar sitt språk, sin kultur og sin identitet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,45 mill. kroner for å styrkje kulturen og språka til dei nasjonale minoritetane, mellom anna for å kunne støtte større prosjekt.
Det blir foreslått å løyve 10,1 mill. kroner.
Post 72 Dei jødiske samfunna i Noreg
Målet for tilskotet er å bidra til å motverke antisemittisme, støtte opp om synleg jødisk kultur, identitet og samfunnsliv i Noreg og synleggjere jødisk kultur og identitet overfor skuleungdom.
Eit kriterium for måloppnåing er at personar som får informasjon gjennom tiltaka, opplever å ha fått auka medvit og kunnskap om jødar, jødedom og antisemittisme. Vidare er det eit måloppnåingskriterium at aktivitetar som fremjar jødisk kultur, identitet og samfunnsliv blir haldne oppe og gjort synlege.
Tildelingskriterium
Tilskotet blir tildelt til Det Mosaiske Trossamfund i Oslo (DMT) og Det jødiske samfunn i Trondheim (DJST).
Oppfølging og kontroll
Kommunal- og distriktsdepartementet følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sette i regelverk og i tilskotsbrev.
Rapport
I 2022 vart DMT tildelt 10,5 mill. kroner, mellom anna til oppfølging av informasjonstiltak i handlingsplanen mot antisemittisme, og andre tiltak og aktivitetar i deira regi. Midlane har mellom anna finansiert ordninga med jødiske vegvisarar.
Kommunal- og distriktsdepartementet sette hausten 2022 i gang ei ekstern evaluering av handlingsplanane mot antisemittisme frå 2016 og fram til 2023. Evalueringa vart lagt fram våren 2023 og viser at sjølv om det har vore positivt med ein brei innsats mot antisemittisme over fleire år, er det framleis nødvendig med særskilde tiltak mot antisemittisme.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Kommunal- og distriktsdepartementet vil gi tilskot til DMT og DJST til tiltak for å motverke antisemittisme og til aktivitetar som gjer jødisk kultur, identitet og samfunnsliv synleg i Noreg.
Det blir foreslått å løyve 13,8 mill. kroner. Av dette skal 12,3 mill. kroner gå til DMT og 1,5 mill. kroner til DJST. Midlane kjem i tillegg til tilskotet til Jødisk museum i Trondheim, som etter forslaget vil bli tildelt 750 000 kroner på kap. 500, post 70.
Post 73 Kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur, kan overførast
Målet for ordninga er å bidra til å revitalisere kvensk språk og fremje kvensk/norskfinsk kultur. Ordninga skal spesielt fremje kvensk språk og kvensk/norskfinsk identitet hos barn og unge.
Kriterium for måloppnåing er talet på arrangerte prosjekt, kurs og aktivitetar som fremjar føremålet, og talet på deltakarar på dei ulike tiltaka.
Tildelingskriterium
Frivillige organisasjonar, privatpersonar, kommunar og institusjonar kan søkje om prosjektstøtte til kulturføremål og tiltak som bidreg til å styrkje kvensk språk og identitet.
Nærare tildelingskriterium er fastsette i forskrift.
Over tilskotsordninga kan det òg søkjast om midlar til etablering og drift av kvenske språk- og kultursenter og til kvensk avis.
Oppfølging og kontroll
Troms og Finnmark fylkeskommune har forvalta tilskotsordninga til og med 2022. Frå 2023 har Kulturdirektoratet overtatt forvaltninga av tilskotsordninga.
Kulturdirektoratet gir tilskot etter søknad og følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sett i forskrift om tilskot til kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur, og eventuelle retningslinjer fastsett av Kulturdirektoratet og i tilskotsbrev. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans.
Kommunal- og distriktsdepartementet sette hausten 2022 i gang ein gjennomgang av Målrettet plan for kvensk språk 2017–2021 – videre innsats for kvensk språk. Føremålet var å sjå korleis planen samla sett har verka, korleis tiltaka fungerer og kva tiltak som vil vere viktige framover for å sikre kvensk språk. Gjennomgangen var klar i februar 2023 og viser at det i planperioden har vore ei positiv utvikling for kvensk språk på fleire område. Mellom anna er det etablert tre nye kvenske språksenter, og i 2023 vart det gitt tilskot til etablering av eitt senter til. Det er innført fleire tiltak på opplæringsfeltet, mellom anna styrking av kvensk barnehagetilbod og utvikling av informasjonsmateriell om retten til opplæring i kvensk. Rett til kvenskopplæring er no inne i opplæringslova. Det er laga ordningar for utvikling av læremateriell, og det er etablert ei ordning for gjeldslette for elevar som tar kvensk i grunnskulelærarutdanninga. Rapporten gir uttrykk for at det framleis er behov for vidare arbeid for å styrkje kvensk språk.
Rapport
Av ei total ramme på 11,118 mill. kroner i 2022 tildelte Troms og Finnmark fylkeskommune totalt 4,35 mill. kroner til drift av fire kvenske språksenter og eitt kvensk kultursenter, og 900 000 kroner i støtte til avisa Ruijan Kaiku. Det vart òg tildelt totalt om lag 4,8 mill. kroner til ulike språk- og kulturprosjekt.
Tilskota til drift av språksenter har bidrege til at det er gjennomført ei rekke språkkurs og kulturaktivitetar for kvenske barn og unge. Prosjekttilskota har bidrege til språk- og kulturutvikling på fleire nivå.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det vil bli tildelt driftsmidlar til kvenske språk- og kultursenter og til kvensk avis. Det vil bli gitt prosjekttilskot etter søknad, til tiltak som bidreg til å oppfylle føremålet med tilskotsordninga.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,45 mill. kroner for å utvide driftsstøtta til språksentera og inkludere nye senter.
Det blir foreslått å løyve 12,7 mill. kroner.
Post 74 Kultur- og ressurssenter for norske romar
Føremålet med tilskotet er å vidareutvikle og drifte Romano Kher, som er eit kultur- og ressurssenter for romar, mellom anna for kultur- og kunnskapsformidling. Senteret skal fungere som ein stad der romar og majoritetsbefolkninga kan møtast.
Måloppnåinga blir i første omgang målt gjennom deltaking. Norske romar skal delta i avgjerdsprosessar som gjeld innhald og drift av senteret. På sikt skal senteret og tiltaka der evaluerast.
Tildelingskriterium
Tilskotsmottakar er Kirkens Bymisjon. Kirkens Bymisjon har etablert og driv senteret i samarbeid med norske romar. Løyvinga på posten dekker tilskot til drift og aktivitetar knytte til Romano Kher. Senteret er eit resultat av den kollektive oppreisinga frå staten til norske romar, i tillegg til brubyggertenesta som vart flytta frå Oslo kommune då Romano Kher vart oppretta. Bymisjonen har opparbeidd seg relevant erfaring, som er nødvendig for at tiltaket skal lukkast. Bymisjonen har derfor blitt vurdert som einaste aktuelle mottakar av tilskotet.
Oppfølging og kontroll
Departementet følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sette i regelverk og i tilskotsbrev.
Rapport
I november 2022 fastsette departementet eit nytt mandat for Romano Kher. Mandatet vart utforma gjennom ein brei medverknadsprosess med Romsk Råd, staben på Romano Kher og andre romar. Målet med mandatet er å klargjere oppdraget og departementet sine forventningar til Kirkens Bymisjon og arbeidet på Romano Kher.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Drifta til Romano Kher blir vidareutvikla etappevis med mellom anna kulturarbeid, tiltak retta mot barn og ungdom og enkelte arbeidsretta tiltak. Senteret skal òg halde kurs og foredrag for offentlege etatar.
Brubyggertenesta med individuell rettleiing og rettigheitsarbeid blir vidareført, med mellom anna bistand til romane i kontakt med det offentlege, arbeid for å motverke diskriminering og antisiganisme, og for å sikre likeverdige tenester til gruppa.
Det blir foreslått å løyve 18,3 mill. kroner. I løyvinga inngår midlar til Kirkens Bymisjons arbeid med brubyggertenesta for norske romar.
Det blir vidare foreslått ei tilsegnsfullmakt på 4,1 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 75 Romanifolket/taterane, kan overførast
Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til å utvikle og synleggjere kulturen, språket og historia til romanifolket/taterane.
Gjennom prosjektrapporteringa blir det vurdert i kva grad prosjektet har oppnådd dei måla som er sette i søknaden, om prosjektet har nådd målgruppa og kva resultat prosjektet har ført til i form av aktivitetar eller tiltak.
Tildelingskriterium
Privatpersonar, private og offentlege institusjonar, organisasjonar og andre verksemder kan søkje om tilskot til prosjekt som bidreg til å synleggjere, styrkje og føre vidare kulturen og historia til romanifolket/taterane, til å styrkje språket romani, til dokumentasjon og formidling av kunnskap om romanifolket/taterane sin situasjon, og til haldningsskapande arbeid.
Oppfølging og kontroll
Den kollektive oppreisinga til romanifolket/taterane blir forvalta av Kulturdirektoratet som ei tilskotsordning, i samsvar med eigen forskrift. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans. Kulturdirektoratet har ansvar for å evaluere ordninga.
Rapport
Kulturdirektoratet tildelte i 2022 tilskot på om lag 5,3 mill. kroner til 25 ulike prosjekt over tilskotsordninga til romanifolket/taterane.
Prosjekt av ulikt omfang, med ulike føremål og med ulike målgrupper fekk støtte, mellom anna til musikk- og teaterframsyningar, filmprosjekt, bøker, samlingsstad, informasjons- og sjølvhjelpsprosjekt og ulike arrangement.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Romanispråk skal framleis styrkast, og det vil bli etablert kulturarenaer og møteplassar i tråd med ein femårsplan Kulturdirektoratet utarbeidde i 2021 i samarbeid med ei faggruppe med medlemmar som er utnemnde av interesseorganisasjonane og fagpersonar på feltet.
Det vil bli prioritert å bevare, dokumentere, formidle og vidareføre romanifolket/taterane sin materielle og immaterielle kulturarv, som tradisjonar, fortellingar, handverk og musikk, i tråd med femårsplanen.
Enkeltaktørar vil få tilskot etter søknad til tiltak som bidreg til å oppfylle målet for ordninga.
Det blir foreslått å løyve 5,8 mill. kroner.
For at ubrukte løyvingar frå tidlegare år skal gå til det tiltenkte føremålet, blir det foreslått at Kommunal- og distriktsdepartementet får fullmakt til å overføre udisponert beløp på kap. 567, post 75 frå 2024 til 2025, jf. forslag til romartalsvedtak.
Programkategori 13.70 Kommunesektoren mv.
Utgifter under programkategori 13.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
571 | Rammetilskot til kommunar | 148 172 128 | 161 625 247 | 175 221 375 | 8,4 |
572 | Rammetilskot til fylkeskommunar | 40 575 566 | 43 977 995 | 48 389 482 | 10,0 |
573 | Kommunestruktur | 200 000 | 213 674 | 6,8 | |
575 | Ressurskrevjande tenester | 10 750 729 | 11 741 313 | 13 071 914 | 11,3 |
577 | Tilskot til dei politiske parti | 459 268 | 470 163 | 540 164 | 14,9 |
578 | Valdirektoratet | 50 992 | 120 583 | 61 265 | -49,2 |
Sum kategori 13.70 | 200 008 683 | 218 135 301 | 237 497 874 | 8,9 |
Inntekter under programkategori 13.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3571 | Tilbakeføring av forskot | 15 947 | 0,0 | ||
5616 | Kommunalbanken AS | 646 000 | 652 000 | 660 000 | 1,2 |
Sum kategori 13.70 | 661 947 | 652 000 | 660 000 | 1,2 |
Innleiing
Kommunar og fylkeskommunar er sjølvstendige, folkevalde forvaltningsnivå som har ansvaret for oppgåver som tenesteytarar, samfunnsutviklarar, myndigheitsutøvarar og demokratiske arenaer for innbyggarane. Kommunane har mellom anna ansvaret for barnehage, grunnskule, barnevern, helse-, omsorgs- og sosialtenester, tekniske tenester og kulturoppgåver. Fylkeskommunane har mellom anna ansvaret for vidaregåande opplæring, lokal kollektivtransport, fylkesvegar, tannhelse, regional utvikling og kulturoppgåver.
Departementa har sektoransvar for respektive område av kommunesektoren sitt tenestetilbod, mellom anna forvaltning og utvikling av lov- og regelverk og finansiering av reformer og nye tiltak.
Kommunal- og distriktsdepartementet skal bidra til at staten si styring av kommunesektoren er samordna, heilskapleg og konsistent. Departementet har eit særleg ansvar for at kommunesektoren har eit godt og framtidsretta lov- og regelverk, i første rekke gjennom utvikling og forvaltning av kommunelova. Departementet skal legge til rette for at landet har ein føremålstenleg kommunestruktur.
Kommunal- og distriktsdepartementet har i samarbeid med Finansdepartementet ansvaret for kommunesektoren sine inntektsrammer. Vidare har departementet ansvaret for inntektsfordelinga mellom kommunar og mellom fylkeskommunar gjennom utvikling og drift av inntektssystemet for kommunesektoren. Departementet har òg ansvaret for Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA) og for forvaltninga av staten sin eigarskap i Kommunalbanken AS.
Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for valordninga og valregelverket. Valdirektoratet har det operative ansvaret på statleg nivå for gjennomføring av stortings- og lokalval. Kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for den praktiske valgjennomføringa. Departementet har òg ansvaret for tilskot til dei politiske partia.
Mål for programkategorien
Eit velfungerande demokrati
Eit velfungerande kommunalt sjølvstyre
Berekraftige, nyskapande og omstillingsdyktige kommunar
Mål 1 Eit velfungerande demokrati
Frie og hemmelege val er grunnleggande i demokratiet vårt. Tilliten til valinstituttet er høg, og det er viktig at den blir oppretthalden. Dette føreset at veljarane forstår korleis val blir gjennomført, og at teknologien som blir brukt ved val er sikker. I tillegg må det demokratisk representative systemet og sjølve valordninga ha legitimitet, og regelverket må vere i tråd med internasjonale forpliktingar.
Høg valdeltaking, representative folkevalde organ og gode kanalar for innbyggarmedverknad òg mellom val, er viktige føresetnader for eit velfungerande demokrati.
Det er mange ulike aktørar som har viktige roller og oppgåver for å kunne oppretthalde eit velfungerande demokrati. Dei politiske partia må ha rammevilkår for å gjere oppgåva si, kommunar og fylkeskommunar må ha handlefridom til å fylle rolla, og borgarane må få informasjon og vere trygge på å utøve dei demokratiske rettane sine. Det sivile samfunnet har òg ei viktig rolle for å legge til rette for dette.
Budsjettkapitla 577 Tilskot til dei politiske parti og 578 Valdirektoratet støttar opp under mål 1.
Mål 2 Eit velfungerande kommunalt sjølvstyre
Kommunesektoren forvaltar ein stor del av fellesskapet sine ressursar og har omfattande offentleg mynde. Kommunelova legg juridiske rammer for all kommunal verksemd og det kommunale sjølvstyret. Prinsippa for statleg styring av kommunesektoren, som til ei viss grad følgjer av kommunelova, legg til grunn økonomisk og juridisk rammestyring og dialog mellom forvaltningsnivåa. Staten si styring må balanserast mellom nasjonale omsyn som til dømes eit likeverdig tenestetilbod og rettstryggleik, og omsynet til lokal handlefridom. Det er den enkelte kommunen som er best i stand til å vurdere kva løysingar som skal til for å møte utfordringane i eigen kommune, og eit velfungerande lokalt sjølvstyre skal gi rom for lokale løysingar, innovasjon og utvikling. Lokale prioriteringar mellom ulike føremål er eit uttrykk for lokale preferansar og gir derfor meir velferd samla sett.
Ein føresetnad for at det kommunale sjølvstyret skal vere reelt, er at kommunesektoren i hovudsak er finansiert gjennom frie inntekter, som er skatteinntekter og rammetilskot. Dei frie inntektene er anslått å utgjere 72 pst. av kommunesektoren sine samla inntekter i 2024.
Budsjettkapitla 571 Rammetilskot til kommunar og 572 Rammetilskot til fylkeskommunar støttar opp under mål 2.
Mål 3 Berekraftige, nyskapande og omstillingsdyktige kommunar
Rammefinansiering av kommunesektoren gjennom skatteinntekter og rammetilskot gir rom for lokale prioriteringar og legg til rette for effektiv bruk av offentlege ressursar. Inntektsrammer som står i forhold til oppgåvene kommunesektoren er sett til å løyse, og ei rettferdig inntektsfordeling mellom kommunar, er føresetnader for eit likeverdig tenestetilbod i heile landet. I del I, pkt. 2 er det gjort greie for regjeringa sitt forslag til inntektsrammer for kommunesektoren i 2024.
I 2020 vart det nedsett eit offentleg utval som har gjennomført ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane. Utvalet leverte utgreiinga si til departementet i august 2022. NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene var på offentleg høyring til januar 2023. Regjeringa vil legge fram ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei melding til Stortinget våren 2024, med sikte på at nytt inntektssystem for kommunane får verknad frå og med 2025.
Regjeringa la i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 fram forslag om eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane, jf. Innst. 488 S (2022–2023). Det nye inntektssystemet bygger mellom anna på tilrådingane frå eit ekspertutval, som leverte utgreiinga si i desember 2022. Det nye inntektssystemet trer i kraft frå og med 2024. Departementet varsla i kommuneproposisjonen at endringar i mellom anna kriteriedata, sektorvekter og storleiken på det samla utgiftsbehovet kunne ha innverknad på dei endelege fordelingsverknadene av det nye inntektssystemet. Dei endelege fordelingsverknadene er vist i Berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2023–2024) Grønt hefte (H-2548 N). I tråd med forslaget i kommuneproposisjonen vil dei endelege fordelingsverknadene bli dempa gjennom kompensasjons- og overgangsordningar.
Generalistkommuneutvalet la fram si utgreiing, NOU 2023: 9 Generalistkommunesystemet – likt ansvar – ulike forutsetninger i mars 2023. Utgreiinga var på høyring til 1. oktober 2023. Utvalet meiner at generalistkommunesystemet er under aukande press, mellom anna fordi skilnadene mellom føresetnadene i ulike kommunar til å vareta ansvaret sitt truleg vil bli større framover. Samstundes er utvalet tydeleg på at generalistkommuneprinsippet bør bli vidareført. For å lukkast med dette meiner utvalet at graden av statleg detaljstyring må reduserast og peiker vidare på at interkommunalt samarbeid og eit utjamnande inntektssystem er viktig.
Regjeringa vil legge til rette for auka kommunalt sjølvstyre med større grad av innovasjon og samarbeid mellom kommunar, bruke inntektssystemet til å jamne ut økonomiske skilnader mellom kommunar og bidra til godt samsvar mellom inntekter og faktiske oppgåver.
Auka effektivitet i oppgåveløysinga vil gi kommunane større handlingsrom som mellom anna kan brukast til å styrkje velferdstenestene. God økonomistyring, lokal tilpassing og nyskapande løysingar må derfor til for at kommunar og fylkeskommunar skal gi eit godt og likeverdig tilbod til innbyggarane i heile landet. Nye digitale løysingar skal gi betre og meir heilskaplege tenester, og vil kunne frigjere ressursar til å løyse andre oppgåver. Satsinga til regjeringa på mobildekning og breiband legg til rette for at slike løysingar kan takast i bruk i heile landet.
I møte med nye utfordringar må offentleg sektor vere utviklingsorientert. Regjeringa si tillitsreform dreier seg mellom anna om korleis offentleg sektor kan tenkje nytt om korleis oppgåver blir utført. Regjeringa har derfor invitert kommunar og fylkeskommunar til å delta i ei nasjonal forsøksordning (frikommuneforsøk) der ein kan søkje om fritak frå lover og reglar gjennom forsøk. Fristen for å sende førebels søknad var 8. september 2023.
Budsjettkapitla 571 Rammetilskot til kommunar, 572 Rammetilskot til fylkeskommunar og 575 Ressurskrevjande tenester støttar opp under mål 3.
Berekraftsmåla
Kommunesektoren er grunnmuren i det norske velferdssamfunnet og har ansvar for mykje av den sosiale og fysiske infrastrukturen som påverkar levekår og utviklingsmoglegheitene til befolkninga. Lokal innsats og lokale prioriteringar er avgjerande for arbeidet med ei rekke av berekraftsmåla. Variasjon som speglar ulike lokale preferansar er verdifullt i seg sjølv, og fylkeskommunar og kommunar er derfor nøkkelaktørar når det gjeld å realisere ei berekraftig samfunnsutvikling. Rammestyring styrkjer det lokale sjølvstyret og gir handlingsrom for kommunesektoren, samstundes som det legg til rette for eit likeverdig tenestetilbod i heile landet. Ei høg grad av rammefinansiering i form av skatteinntekter og rammetilskot, er ein føresetnad for at prioriteringar skal kunne gjerast lokalt og for kommunesektoren sitt arbeid med berekraft.
Kap. 571 Rammetilskot til kommunar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 26 396 | 24 942 | 23 165 |
60 | Innbyggartilskot | 140 567 649 | 156 459 938 | 169 718 456 |
61 | Distriktstilskot Sør-Noreg | 808 128 | 837 275 | 874 619 |
62 | Distriktstilskot Nord-Noreg | 2 253 346 | 2 331 395 | 2 429 852 |
64 | Skjønstilskot | 3 035 716 | 950 000 | 1 000 000 |
65 | Regionsentertilskot | 203 375 | 212 149 | 221 555 |
66 | Veksttilskot | 145 756 | 173 901 | 282 395 |
67 | Storbytilskot | 608 665 | 635 647 | 671 333 |
90 | Forskot på rammetilskot | 523 097 | ||
Sum kap. 571 | 148 172 128 | 161 625 247 | 175 221 375 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga går til forsking og utgreiing om kommuneøkonomi, kommunelova og anna juridisk rammeverk for kommunesektoren, lokaldemokrati og statlege tiltak retta mot kommunesektoren. Løyvinga omfattar òg drift og utvikling av inntektssystemet og driftsmidlar til Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU). Løyvinga kan vidare finansiere større utviklingsprosjekt, inkludert utgreiingsstillingar i departementet knytt til tidsavgrensa prosjekt.
Rapport
I 2022 har det vore forsking, utgreiingar og evalueringar innanfor mellom anna følgjande tema:
Inntektssystemutvalet for kommunane
Ekspertutvalet for fylkeskommunane sitt inntektssystem
Generalistkommuneutvalet
Ressurskrevjande omsorgstenester i kommunane
Lokale partilag og lister
Tilstandsanalyse av det norske demokratiet
Skjønsnemnd og overskjønsnemnd
Indirekte val i nye kommunar.
I 2022 har posten òg finansiert mellom anna utgreiingar for Teknisk berekningsutval, nettstadene minsak.no og frie inntekter, database for kommunale organisasjonsdata og undersøkingar innan tema som interkommunalt samarbeid og møteoffentlegheit.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 23,2 mill. kroner. Dette inkluderer midlar til mellom anna utvalsarbeid, forsking på kommuneøkonomi, lokaldemokrati, juridisk rammeverk for kommunesektoren og statlege tiltak retta mot kommunesektoren.
Post 60 Innbyggartilskot
Hovuddelen av rammetilskotet blir fordelt gjennom innbyggartilskotet. Innbyggartilskotet blir i utgangspunktet fordelt med eit likt beløp per innbyggar, før det blir fordelt om gjennom utgiftsutjamninga, overgangsordninga og korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skular. Sjå Berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2023–2024) Grønt hefte (H-2548 N) for ei nærare omtale av innbyggartilskotet, utgiftsutjamninga og kostnadsnøkkelen for kommunane.
Til berekning av kor mykje kvar sektor skal utgjere i kostnadsnøkkelen og kor stort omfanget av utgiftsutjamninga skal vere, det vil seie samla utgiftsbehov, blir normalt sett siste tilgjengelege tal frå kommunerekneskap frå KOSTRA/SSB nytta. På grunn av koronasituasjonen, med ekstraordinære overføringar til kommunesektoren og endra aktivitet mellom dei ulike sektorane i 2020 og 2021, har rekneskapstal for 2019 vore nytta i utgiftutjamninga dei to siste åra. I statsbudsjettet for 2024 blir rekneskapstal frå 2022 nytta. Ved berekninga av samla utgiftsbehov blir det nytta konserntal, på same måte som for fylkeskommunane.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 169 718,5 mill. kroner i 2024. Dette er ein auke på 13 258,5 mill. kroner frå saldert budsjett for 2023. Auken må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren, jf. nærare omtale i del I, kapittel 2.
Post 61 Distriktstilskot Sør-Noreg
Tildeling av tilskotet tar utgangspunkt i distriktsindeksen, som er eit uttrykk for graden av distriktsutfordringar i ein kommune. Ved tildeling av distriktstilskot Sør-Noreg i 2024 blir distriktsindeksen frå 2017 brukt.
Distriktstilskot Sør-Noreg blir tildelt kommunar i Sør-Noreg (utanom kommunar i Namdalen, som blir tildelt Distriktstilskot Nord-Noreg) som oppfyller følgjande kriterium:
har under 3 200 innbyggarar eller ein distriktsindeks på 46 eller lågare
har gjennomsnittlege skatteinntekter per innbyggar dei tre siste åra som er under 120 pst. av gjennomsnittet i landet
Kommunar med færre enn 3 200 innbyggarar får eitt tilskot per kommune. Satsane er differensiert etter kommunane sin verdi på distriktsindeksen. Høgaste sats blir gitt til kommunar med distriktsindeks på 35 eller lågare. Kommunar med ein høgare verdi på distriktsindeksen får tilskot etter lågare sats, slik at kommunar med distriktsindeks over 46 får halvparten av høgaste sats.
Kommunar med 3 200 innbyggarar eller fleire får tilskot både per innbyggar og per kommune. Kommunar med distriktsindeks på 35 eller lågare får tilskot per innbyggar og per kommune med høgaste sats. Kommunar med høgare verdi på indeksen får tilskot med høvesvis 80, 60, 40 og 20 pst. av høgaste sats. Kommunar med distriktsindeks på 47 eller høgare får ikkje tilskot. Satsane for distriktstilskot Sør-Noreg i 2024 er prisjustert og vist i tabell 5.6.
Det blir foreslått å løyve 874,6 mill. kroner.
Tabell 5.6 Satsar for distriktstilskot Sør-Noreg 2024
Kommunar med 3 200 innbyggarar eller fleire | Kommunar med under 3 200 innbyggarar | ||
---|---|---|---|
Distriktsindeks | Sats per kommune (1 000 kroner) | Sats per innbyggar (kroner) | Sats per kommune (1 000 kroner) |
Indeks 0–35 | 1 413 | 1 280 | 6 526 |
Indeks 36–38 | 1 133 | 1 024 | 5 875 |
Indeks 39–41 | 849 | 768 | 5 221 |
Indeks 42–44 | 564 | 512 | 4 569 |
Indeks 45–46 | 284 | 257 | 3 915 |
Indeks over 46 | 0 | 0 | 3 264 |
Post 62 Distriktstilskot Nord-Noreg
Distriktstilskot Nord-Noreg blir fordelt med eit kronebeløp per innbyggar til alle kommunar i Nord-Noreg og Namdalen. Kommunar med færre enn 3 200 innbyggarar får i tillegg eit småkommunetillegg etter same kriterium og satsar som distriktstilskot Sør-Noreg. Kommunar i Finnmark og tiltakssona i Troms som får småkommunetillegg, får tilskot etter ein høgare sats.
Ved tildeling av småkommunetillegget i distriktstilskot Nord-Noreg i 2024 blir distriktsindeksen frå 2017 brukt. Satsane for distriktstilskot Nord-Noreg i 2024 er prisjustert og vist i tabell 5.7.
Det blir foreslått å løyve 2 429,9 mill. kroner.
Tabell 5.7 Satsar for distriktstilskot Nord-Noreg 2024
Kommunar i: | Sats per innbyggar (kroner) | |
---|---|---|
Nordland og Namdalen | 2 013 | |
Troms (utanfor tiltakssona) | 3 861 | |
Tiltakssona i Troms | 4 550 | |
Finnmark | 9 427 | |
Småkommunetillegg til kommunar med under 3 200 innbyggarar | ||
Distriktsindeks | Småkommunetillegg per kommune, kommunar utanfor tiltakssona (1 000 kroner) | Småkommunetillegg per kommune, kommunar i tiltakssona (1 000 kroner) |
Indeks 0–35 | 6 526 | 14 135 |
Indeks 36–38 | 5 875 | 12 719 |
Indeks 39–41 | 5 221 | 11 308 |
Indeks 42–44 | 4 569 | 9 893 |
Indeks 45–46 | 3 915 | 8 481 |
Indeks over 46 | 3 264 | 7 067 |
Post 64 Skjønstilskot
Kommunal- og distriktsdepartementet fordeler kvart år ein del av rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar etter skjøn. Føremålet med skjønstilskotet er å kompensere kommunar og fylkeskommunar for lokale tilhøve som ikkje blir fanga opp i den faste delen av inntektssystemet, og bidra til fornying og utvikling. Når det gjeld skjønstildeling til kommunane, fastset departementet tilskotsrammer til kvart enkelt statsforvaltarembete. Statsforvaltaren fordeler tilskotet til kommunane etter retningslinjer gitt av departementet. Frå og med 2024 blir det halde igjen ein felles reservepott for uventa hendingar som kan gå til både kommunar og fylkeskommunar. Basisramma til fylkeskommunane blir overført til innbyggartilskotet til fylkeskommunane frå og med 2024.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Regjeringa foreslår ei samla skjønsramme for 2024 på 1 000 mill. kroner i tråd med Stortingets behandling av Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024. Heile ramma blir foreslått løyvd på kap. 571, post 64.
Basisramma for kommunane blir foreslått sett til 800 mill. kroner, det same som i 2023. Statsforvaltarembeta har fordelt delar av basisramma til kommunane, og fordelinga er vist i Grønt hefte 2024.
Basisramma til fylkeskommunane på 332 mill. kroner, det same som i 2023, blir foreslått overført til innbyggartilskotet til fylkeskommunane. Dette vil sikre fordeling etter faste, objektive kriterium.
Basert på erfaringane frå tidlegare år blir det halde tilbake 175 mill. kroner av skjønstilskot til uventa hendingar (reservepotten). Det er ein auke på 55 mill. kroner samanlikna med 2023. Midlar blir flytta frå prosjektskjønsmidlane og frå reservepotten til fylkeskommunane. Midlane skal hovudsakleg nyttast til å kompensere kommunar og fylkeskommunar som har meirutgifter som følgje av naturskade eller andre kritiske, uventa hendingar. Det blir foreslått at både kommunar og fylkeskommunar kan søkje om kompensasjon frå reservepotten.
Vidare blir 25 mill. kroner foreslått sett av til utviklings- og fornyingsprosjekt (prosjektskjøn). Prosjektskjønet dekker mellom anna driftsutgifter og medlemskontingent i Foreningen for god kommunal regnskapsskikk (GKRS) med til saman 450 000 kroner. GKRS er ei ideell foreining og eit uavhengig organ som skal fremje og utvikle god kommunal regnskapsskikk. Medlemmar er Kommunal- og distriktsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, KS, NKRF – kontroll og revisjon i kommunene og Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund. Ein nærare omtale av kriterium for løyving av prosjektskjønsmidlar i 2024 er gitt i kommuneproposisjonen for 2024.
Nærare omtale av skjønsramma for 2024 og rapportering om bruk av skjønstilskot i 2022 er gitt i kommuneproposisjonen for 2024.
Ekstremvêret «Hans»
Ekstremvêret «Hans» og etterfølgjande flaum- og skredhendingar førte til omfattande skadar i mange kommunar og fylkeskommunar. Storsamfunnet skal stille opp når lokalsamfunnet blir ramma av store naturskadar. Kommunal- og distriktsdepartementet held kvart år tilbake delar av skjønstilskotet til kommunar og fylkeskommunar for å kompensere kommunesektoren for kostnader ved uventa hendingar.
Skjønstilskotet kan bli tildelt kommunar og fylkeskommunar som har hatt utgifter til naturskade, og som gjeld handtering av den akutte krisesituasjonen eller reparasjon av kommunal/fylkeskommunal infrastruktur, i tråd med gjeldande retningslinjer. Skjønstilskot kan ifølgje retningslinjene òg dekke utgifter som gjeld opprydding på kommunal/fylkeskommunal infrastruktur. I samband med ekstremvêret Hans blir retningslinjene mellombels utvida, slik at òg kommunane og fylkeskommunane sine kostnader til opprydding på anna enn egen infrastruktur kan inkluderast i søknad om skjønstilskot, der kostnadene ikkje blir dekt av andre ordningar. Kommunane må søkje om skjønsmidlar frå departementet gjennom statsforvaltaren. Fylkeskommunane kan sende søknad om skjønstilskot direkte til departementet.
Regjeringa tek sikte på å kome tilbake med forslag til ei tilleggsløyving i nysalderinga av statsbudsjettet for 2023.
Post 65 Regionsentertilskot
Regionsentertilskotet blir gitt til kommunar som slår seg saman og som etter samanslåinga får over om lag 8 000 innbyggarar. Tilskotet blir gitt med ein sats per innbyggar på 76 kroner og ein sats per samanslåing på 3,617 mill. kroner. Satsane er prisjustert i 2024.
Det blir foreslått å løyve 221,6 mill. kroner.
Post 66 Veksttilskot
Veksttilskotet blir gitt til kommunar med særleg høg auke i folketalet. For 2024 blir det foreslått tilskot til kommunar som gjennom siste treårsperiode har hatt ein gjennomsnittleg årleg vekst i folketalet som er høgare enn 1,4 pst. og skatteinntekter under 140 pst. av landsgjennomsnittet. Tilskotet blir gitt med ein sats per innbyggar over vekstgrensa. Satsen for veksttilskotet er prisjustert og utgjer 67 331 kroner i 2024.
Det blir foreslått å løyve 282,4 mill. kroner.
Post 67 Storbytilskot
Storbytilskot blir i 2024 foreslått tildelt Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Drammen. Tilskotet blir gitt med ein sats på 426 kroner per innbyggar. Satsen er prisjustert i 2024.
Det blir foreslått å løyve 671,3 mill. kroner.
Post 90 Forskot på rammetilskot
Skatteutjamninga i inntektssystemet fordeler om inntekter gjennom rammetilskotet og blir avrekna fortløpande basert på dei siste opplysningane om skatteinngangen. Sidan endeleg skatteinngang for 2024 ikkje er kjent før i februar 2025, kan departementet i den løpande skatteutjamninga ha behov for å utbetale forskot på rammetilskotet for 2025 i 2024. I forslag til romartalsvedtak blir det bedt om at det kan utbetalast opp til 500 mill. kroner i 2024 som forskot på rammetilskot til kommunane for 2025.
Kap. 3571 Tilbakeføring av forskot
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
90 | Tilbakeføring av forskot | 15 947 | ||
Sum kap. 3571 | 15 947 |
Post 90 Tilbakeføring av forskot
Ved behandlinga av Prop. 1 S (2022–2023) fekk Kommunal- og distriktsdepartementet fullmakt til å utbetale opp til 1 000 mill. kroner i forskot i 2023 på rammetilskot for 2024 til kommunar, jf. Innst. 5 S (2022–2023). Det er framleis uvisse rundt skatteinngang og inntektsutjamning for siste utbetalingstermin i 2023, og ein kan derfor ikkje konkret angi storleiken på utbetalt forskot på rammetilskot i 2023 no og tilsvarande tilbakeføring av forskot i 2024. Det blir derfor ikkje fremja forslag om løyving for 2024.
Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
60 | Innbyggartilskot | 38 129 892 | 42 860 056 | 47 616 308 |
62 | Nord-Noreg-tilskot | 710 577 | 735 939 | 773 174 |
64 | Skjønstilskot | 1 661 000 | 382 000 | |
90 | Forskot på rammetilskot | 74 097 | ||
Sum kap. 572 | 40 575 566 | 43 977 995 | 48 389 482 |
Post 60 Innbyggartilskot
Hovuddelen av rammetilskotet blir fordelt gjennom innbyggartilskotet. Innbyggartilskotet blir i utgangspunktet fordelt med eit likt beløp per innbyggar, før det blir fordelt om gjennom utgiftsutjamninga, overgangsordninga og korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skular. Sjå Berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2023–2024) Grønt hefte (H-2548 N) for ei nærare omtale av innbyggartilskotet, utgiftsutjamninga og kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane.
Til berekning av kor mykje kvar sektor skal utgjere i kostnadsnøkkelen og kor stort omfanget av utgiftsutjamninga skal vere, dvs. samla utgiftsbehov, blir det tatt utgangspunkt i rekneskapstal frå 2022. Sjå nærare omtale under kap. 571, post 60. Det blir òg tatt utgangspunkt i konserntal i staden for kassetal ved berekning av samla utgiftsbehov, jf. nytt inntektssystem for fylkeskommunane presentert i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 47 616,3 mill. kroner i 2024. Dette er ein auke på 4 756,3 mill. kroner frå saldert budsjett for 2023. Overføring av basisramma frå skjønstilskotet er inkludert i auken. Auken må vidare sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren, jf. nærare omtale i del I, kapittel 2.
Post 62 Nord-Noreg-tilskot
Tilskotet blir utbetalt med eit likt beløp per innbyggar til fylkeskommunane i Nord-Noreg. Frå og med 2024 er satsen per innbyggar lik for alle fylkeskommunane. I 2024 er satsen 1 599 kroner per innbyggar.
Det blir foreslått å løyve 773,2 mill. kroner.
Post 64 Skjønstilskot
Det blir foreslått at kap. 572, post 64 Skjønstilskot blir avvikla. Basisramma blir foreslått overført til innbyggartilskotet til fylkeskommunane og midlar til uventa hendingar (reservepotten) blir foreslått samla under kap. 571, post 64.
Post 90 Forskot på rammetilskot
Skatteutjamninga i inntektssystemet fordeler om inntekter gjennom rammetilskotet og blir avrekna fortløpande basert på dei siste opplysningane om skatteinngangen. Sidan endeleg skatteinngang for 2024 ikkje er kjent før i februar 2025, kan departementet i den løpande skatteutjamninga ha behov for å utbetale forskot på rammetilskotet for 2025 i 2024. I forslag til romartalsvedtak blir det bedt om at det kan utbetalast opp til 200 mill. kroner i 2024 som forskot på rammetilskot til fylkeskommunane for 2025.
Kap. 3572 Tilbakeføring av forskot
Post 90 Tilbakeføring av forskot
Ved behandlinga av Prop. 1 S (2022–2023) fekk Kommunal- og distriktsdepartementet fullmakt til å utbetale opp til 400 mill. kroner i forskot i 2023 på rammetilskot for 2024 til fylkeskommunar, jf. Innst. 5 S (2022–2023). Det er framleis uvisse rundt skatteinngang og inntektsutjamning for siste utbetalingstermin i 2023, og ein kan derfor ikkje konkret angi storleiken på utbetalt forskot på rammetilskot i 2023 no og tilsvarande tilbakeføring av forskot i 2024. Det blir derfor ikkje fremja forslag om løyving for 2024.
Tilskot gjennom inntektssystemet i 2023 og 2024
Tabell 5.8 viser rammetilskot på kapittel og post til kommunar og fylkeskommunar i 2023 og 2024. Anslag på rekneskap 2023 er lik vedtatt løyving ved framlegging av denne proposisjonen. I korrigert anslag på rekneskap 2023 er det tatt omsyn til endringar frå 2023 til 2024 i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa, regelendringar, innlemming av øyremerkte tilskot mv. Det gjer tala for 2023 og 2024 samanliknbare.
Tabell 5.8 Tilskot gjennom inntektssystemet i 2023 og 2024
(nominelle prisar i 1 000 kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Anslag på rekneskap 2023 | Korrigert anslag på rekneskap 2023 | Forslag 2024 | Faktisk vekst 2023–2024 (pst.) | Korrigert vekst 2023–2024 (pst.) | |
571 | 60 | Innbyggartilskot | 160 745 998 | 164 311 619 | 169 718 456 | 5,6 | 3,3 |
571 | 61 | Distriktstilskot Sør-Noreg | 837 275 | 837 275 | 874 619 | 4,5 | 4,5 |
571 | 62 | Distriktstilskot Nord-Noreg | 2 331 395 | 2 331 395 | 2 429 852 | 4,2 | 4,2 |
571 | 64 | Skjønstilskot | 950 000 | 957 862 | 1 000 000 | 5,3 | 4,4 |
571 | 65 | Regionsentertilskot | 212 149 | 212 149 | 221 555 | 4,4 | 4,4 |
571 | 66 | Veksttilskot | 173 901 | 173 901 | 282 395 | 62,4 | 62,4 |
571 | 67 | Storbytilskot | 635 647 | 635 647 | 671 333 | 5,6 | 5,6 |
Sum kommunar | 165 886 365 | 169 459 848 | 175 198 210 | 5,6 | 3,4 | ||
572 | 60 | Innbyggartilskot | 44 426 956 | 45 415 096 | 47 616 308 | 7,2 | 4,8 |
572 | 62 | Nord-Noreg-tilskot | 735 939 | 735 939 | 773 174 | 5,1 | 5,1 |
572 | 64 | Skjønstilskot | 382 000 | 0 | 0 | -100,0 | 0,0 |
Sum fylkeskommunar | 45 544 895 | 46 151 035 | 48 389 482 | 6,2 | 4,9 | ||
Sum kommunesektor | 211 431 260 | 215 610 883 | 223 587 692 | 5,7 | 3,7 |
Endringar i oppgåver mv.
Regjeringa foreslår ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 6,4 mrd. kroner i 2024, jf. nærare omtale i del 1, pkt. 2. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa, regelendringar, innlemming av øyremerkte tilskot, eingongsløyvingar mv. Tabell 5.9 viser endringane som veksten er korrigert for, med påfølgjande omtale. Korreksjonane blir gjort i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar. Sjå òg Berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2023–2024) Grønt hefte (H-2548 N). Den ekstraordinære løns- og prisveksten i 2023 ligg ikkje inne i berekningane av dei enkelte sakene, men det er tatt omsyn til dette ved at den generelle auken i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i revidert nasjonalbudsjett, er vidareført.
Tabell 5.9 Endringar i rammetilskotet som følgje av endringar i oppgåver mv.
(i 1 000 2024-kroner) | ||
---|---|---|
Kommunar | Fylkeskommunar | |
Statlege og private skular – endring i elevtal | -119 955 | -38 325 |
Ny opplæringslov – regelendringar med økonomiske konsekvensar for kommunesektoren | 47 235 | 252 408 |
Ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft – reversert trekk i rammetilskotet | 558 005 | 344 190 |
Gevinstar knytt til nytt prøvegjennomføringssystem i skulen | -6 571 | |
Gratis deltidsplass på SFO på 2. trinn – heilårseffekt av endring i 2023 | 863 567 | |
Gratis barnehage i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms – heilårseffekt av endring i 2023 | 71 352 | |
Gratis barnehage frå tredje barn i barnehagen – heilårseffekt av endring i 2023 | 24 000 | |
Redusert pensjonspåslag for private barnehagar | -57 469 | |
Reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen – heilårseffekt av endring i 2023 | 66 778 | |
Reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2024 | 1 560 065 | |
Ytterlegare reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2024 i kommunar i sentralitetssone 5 og 6 | 72 340 | |
Pasienttilpassa basistilskot – heilårseffekt av endring i 2023 | 250 000 | |
Auka barnetillegg i kvalifiseringsprogrammet – heilårseffekt av endring i 2023 | 1 043 | |
Auka rettleiande satsar for sosialhjelp – heilårseffekt av endring i 2023 | 295 788 | |
Endringar i kontantstønaden – konsekvensar for barnehage | 119 700 | |
Vaksinasjon mot covid-19 – eingongsløyving i 2023 | -70 924 | |
Overføring av fylkeskommunane sitt skjønstilskot til kommunane sitt innbyggartilskot | 44 000 | |
Overføring av fylkeskommunane sitt skjønstilskot til kommunane sitt skjønstilskot | 8 200 | |
Landslinjer – endring i tilbod | -4 519 | |
Gratis ferjer og reduksjon av takstar – heilårseffekt av endring i 2023 | 216 600 | |
Prisjustering av lærlingtilskotet | -65 900 | |
Auka CO2-avgift – kompensasjon til fylkeskommunane | 49 700 | |
Tannhelse – eingongsløyving i 2023 | -15 645 | |
Barnevern i Oslo – eingongsløyving i 2023 | -20 130 | |
Nordøyvegen – tilskot til dekking av kapitalkostnader | 80 000 | |
Distrikts- og regionalpolitiske tilskot– tilbakeføring til øyremerkte tilskot | -113 975 | |
Avvikling av fylkeskommunane sitt skjønstilskot | -398 808 | |
Overføring av fylkeskommunane sitt skjønstilskot til fylkeskommunane sitt innbyggartilskot | 346 608 | |
Sum | 3 727 154 | 632 204 |
Kommunane og fylkeskommunane
Statlege og private skular – endring i elevtal
Som følgje av auka tal på elevar i statlege og private skular blir rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane redusert med høvesvis 120,0 mill. kroner og 38,3 mill. kroner. Sjå Grønt Hefte (H-2548 N) for nærare omtale av trekk- og korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skular.
Ny opplæringslov – regelendringar med økonomiske konsekvensar for kommunesektoren
Stortinget vedtok ny opplæringslov i juni 2023, jf. Innst. 442 L (2022–2023). Lovendringane skal etter planen tre i kraft frå hausten 2024. For at kommunar og fylkeskommunar skulle kunne førebu seg, vart rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane auka med høvesvis 5 mill. kroner og 56 mill. kroner i 2023. Som kompensasjon for fleire ulike lovendringar blir rammetilskotet til kommunane auka med ytterlegare 47,2 mill. kroner i 2024, og rammetilskotet til fylkeskommunane blir auka med ytterlegare 252,4 mill. kroner. Medrekna i dette er tilskotet til yrkesfagleg rekvalifisering, som blir innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft – reversert trekk i rammetilskotet
I saldert budsjett for 2023 vart det vedtatt eit eittårig trekk i rammetilskotet på til saman 3 mrd. kroner frå kommunar og fylkeskommunar med konsesjonskraftinntekter frå prisområdane Østlandet (NO1), Sørlandet (NO2) og Vestlandet (NO5). Trekket vart fordelt med 2,2 mrd. kroner på kommunar og 0,8 mrd. kroner på fylkeskommunar. I revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart trekket redusert med 1 665 mill. kroner for kommunane og 470 mill. kroner for fylkeskommunane som følgje av lågare straumprisar. Resterande beløp er tatt inn igjen i rammetilskotet frå 2024 fordelt med 558 mill. kroner på kommunane og 344,2 mill. kroner på fylkeskommunane.
Kommunane
Gevinstar knytt til nytt prøvegjennomføringssystem i skulen
Nytt prøvegjennomføringssystem aukar graden av digitalisering og gir gevinstar òg for kommunesektoren. Kommunane sin gevinst, som i stor grad er knytt til digitalisering av kartleggingsprøver, er i 2024 vurdert til 6,6 mill. kroner. Rammetilskotet blir redusert tilsvarande. For fylkeskommunane sin del blir det truleg satt i verk tryggingstiltak under eksamensgjennomføringa i 2024, og rammetilskotet til fylkeskommunen blir derfor ikkje redusert i 2024. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Gratis deltidsplass på SFO på 2. trinn – heilårseffekt av endring i 2023
Det er frå hausten 2023 innført gratis 12 timar SFO på andre trinn. Som følgje av dette auka rammetilskotet med 690 mill. kroner. Tiltaket får heilårseffekt i 2024, og rammetilskotet aukar derfor med ytterlegare 863,6 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for grunnskule. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Gratis barnehage i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms – heilårseffekt av endring i 2023
For å gjere Finnmark og Nord-Troms meir attraktive for småbarnsfamiliar er det frå hausten 2023 innført gratis barnehage for alle barn i tiltakssona. Som følgje av dette er rammetilskotet auka med 77,2 mill. kroner. Tiltaket får heilårseffekt i 2024, og rammetilskotet aukar med ytterlegare 71,4 mill. kroner som blir fordelt særskilt (tabell C) til kommunane i tiltakssona. Lågare maksimalpris frå 1. august 2024 gjer at kostnaden for gratis barnehage i tiltakssona isolert sett blir lågare enn tidlegare lagt til grunn. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Gratis barnehage frå tredje barn i barnehagen – heilårseffekt av endring i 2023
Frå hausten 2023 er barnehageplass gratis frå tredje barn for familiar som har fleire barn i barnehagen samstundes. Som kompensasjon for dette er rammetilskotet auka med 20 mill. kroner i 2023. Tiltaket får heilårseffekt i 2024, og rammetilskotet aukar derfor med ytterlegare 24 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Redusert pensjonspåslag for private barnehagar
Frå 1. januar 2022 vart pensjonspåslaget for private barnehagar redusert frå 13 pst. til 10 pst. av lønskostnadene i dei kommunale barnehagane. Det vart samstundes innført ei treårig overgangsordning for enkeltståande barnehagar, slik at dei skulle få lengre tid til å tilpasse seg. Som følgje av dette er rammetilskotet redusert i både 2022 og 2023. Sidan pensjonspåslaget til dei enkeltståande barnehagane blir trappa vidare ned i 2024, blir rammetilskotet redusert med ytterlegare 57,5 mill. kroner. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen – heilårseffekt av endring i 2023
Maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagen vart frå 1. januar 2023 redusert til 3 000 kroner per månad. Kommunesektoren vart kompensert med ein auke i rammetilskotet på 329,2 mill. kroner i saldert budsjett for 2023. Den uventa høge prisveksten i 2023 gjorde at den reelle reduksjonen i maksprisen vart høgare enn lagt til grunn, og kommunane vart derfor kompensert med ytterlegare 169,1 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Det er tatt omsyn til prisveksten i utrekninga av heilårseffekten i 2024. Vidare er det lagt til grunn at auken i etterspørsel etter barnehageplassar først slår inn for fullt frå barnehageåret 2023–2024. Rammetilskotet aukar derfor med ytterlegare 66,8 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2024
Den maksimale foreldrebetalinga i barnehagen blir vidareført på 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2024. Frå 1. august 2024 blir foreldrebetalinga redusert til 2 000 kroner per månad. Som kompensasjon blir rammetilskotet auka med 1 560,1 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Ytterlegare reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2024 i kommunar i sentralitetssone 5 og 6
For kommunar i sentralitetssone 5 og 6 blir den maksimale foreldrebetalinga redusert til 1 500 kroner per månad frå 1. august 2024. Som kompensasjon blir rammetilskotet auka med 72,3 mill. kroner som blir fordelt særskilt (tabell C) til kommunane i sentralitetssone 5 og 6. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Pasienttilpassa basistilskot – heilårseffekt av endring i 2023
Basistilskotet til fastlegar vart auka og lagt om frå 1. mai 2023. Som kompensasjon er rammetilskotet til kommunane auka med 480 mill. kroner. Tiltaket får heilårseffekt i 2024, og rammetilskotet blir derfor auka med ytterlegare 250 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for kommunehelse. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Helse- og omsorgsdepartementet.
Auka barnetillegg i kvalifiseringsprogrammet – heilårseffekt av endring i 2023
Som kompensasjon for ein auke i barnetillegget i kvalifiseringsprogrammet frå 1. februar i 2023, vart rammetilskotet til kommunane sett opp med 10 mill. kroner i 2023. Tiltaket får heilårseffekt i 2024, og rammetilskotet aukar derfor med ytterlegare 1 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Auka rettleiande satsar for sosialhjelp – heilårseffekt av endring i 2023
Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart dei rettleiande satsane for sosialhjelp sett opp med 10 pst. frå 1 juli 2023. Kommunesektoren vart kompensert gjennom ein auke i rammetilskotet på 284 mill. kroner. Tiltaket får heilårseffekt i 2024, og rammetilskotet aukar derfor med ytterlegare 295,8 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Endringar i kontantstønaden – konsekvensar for barnehage
Endringar i kontantstønaden i 2024 er venta å føre til ein auke i etterspørselen etter barnehageplass. Som kompensasjon for dette aukar rammetilskotet i 2024 med 119,7 mill. kroner som blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Barne- og familiedepartementet.
Vaksinasjon mot covid-19 – eingongsløyving i 2023
I revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart rammetilskotet til kommunane auka med 68 mill. kroner som kompensasjon for ei oppfriskingsdose til særskilde grupper våren 2023. Dette var ei eingongsløyving, og rammetilskotet blir derfor redusert med 70,9 mill. kroner i 2024.
Fylkeskommunane
Landslinjer – endring i tilbod
Fylkeskommunane har ansvar for å gi eit tilbod til alle som har rett på vidaregåande opplæring, medrekna elevar ved landslinjer. Vidaregåande opplæring blir i hovudsak finansiert med frie inntekter. Via kap. 225, post 60 på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett blir det gitt tilskot til drift av landslinjer og til innkjøp av utstyr. For å unngå dobbel finansiering har nye landslinjer og utviding av eksisterande tilbod frå og med 2022 blitt finansiert med eit trekk i samla rammetilskot til fylkeskommunane.
Ny landslinje i flyfag i Trøndelag startar opp frå hausten 2023 ved Fosen vidaregåande skule. Rammetilskotet for 2024 blir redusert med 4,5 mill. kroner med våreffekt av tilbodet på vg2 og hausteffekt av tilbodet på vg3.
Gratis ferjer og reduksjon av takstar – heilårseffekt av endring i 2023
Frå 16. august 2023 er det lagt til rette for gratis ferje til øyer og andre lokalsamfunn utan vegsamband til fastlandet òg på ferjesamband med over 100 000 passasjerar i året. I tillegg er ferjetakstane blitt ytterlegare redusert, slik at desse totalt er redusert med 50 pst. samanlikna med nivået ved inngangen til 2021. Fylkeskommunane er kompensert for kostnadene i 2023 gjennom ein auke i rammetilskotet. Som kompensasjon for heilårseffekten aukar rammetilskotet med ytterlegare 216,6 mill. kroner i 2024. Midlane blir fordelt etter kriteriet normerte ferjekostnader i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane. Kriteriet er justert for å ta omsyn til at inntektsbortfallet som følgje av reduserte ferjetakstar og innføring av gratis ferjer varierer mellom fylkeskommunane. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet.
Prisjustering av lærlingtilskotet
Lærlingtilskotet vil i 2024 ikkje bli prisjustert fullt ut. Dette gir ei innsparing på 65,9 mill. kroner, og rammetilskotet til fylkeskommunane blir redusert tilsvarande. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Auka CO2-avgift – kompensasjon til fylkeskommunane
Regjeringa foreslår å auke CO2-avgifta med 21 pst. ut over prisjustering i 2024. Meirutgiftene for fylkeskommunale hurtigbåtar og ferjer i 2024 er anslått til i alt 49,7 mill. kroner. Det er korrigert for kontraktar som har gått ut og som har blitt kompensert i tidlegare år, noko som fører til ein auke med høvesvis 35,6 og 18,7 mill. kroner i rammetilskotet knytt til ferjer og hurtigbåtar, og ein reduksjon med 4,6 mill. kroner knytt til dieselbussar. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir auka med 49,7 mill. kroner. Sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024.
Tannhelse – eingongsløyving i 2023
Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart rammetilskotet til fylkeskommunane auka med 15 mill. kroner i samband med tannhelse. Løyvinga blir ikkje vidareført, og rammetilskotet blir derfor redusert med 15,6 mill. kroner i 2024.
Barnevern i Oslo – eingongsløyving i 2023
Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart rammetilskotet til fylkeskommunane auka med 19,3 mill. kroner som vart fordelt særskilt til Oslo. Beløpet svarte til prisjustering av løyvinga til barnevernet i Oslo i Grønt hefte. Løyvinga frå revidert nasjonalbudsjett blir ikkje vidareført, og rammetilskotet blir derfor redusert med 20,1 mill. kroner i 2024.
Nordøyvegen – tilskot til dekking av kapitalkostnader
Regjeringa gir i alt 160 mill. kroner i tilskot til dekking av kapitalkostnader i ferjeavløysingsprosjektet Nordøyvegen i Møre og Romsdal. Tilskotet blir fordelt over to år. Rammetilskotet aukar derfor med 80 mill. kroner i 2024.
Distrikts- og regionalpolitiske tilskot – tilbakeføring til øyremerkte tilskot
I 2020 vart delar av dei regional- og distriktspolitiske tilskotsmidlane til det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane. Midlane er i perioden 2020–2023 gitt med ei særskild fordeling. Frå og med 2024 blir tilskotsmidlane tilbakeført til øyremerkte tilskot under Kommunal- og distriktsdepartementet, og rammetilskotet blir derfor redusert med 114 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024.
Avvikling av fylkeskommunane sitt skjønstilskot
Skjønstilskotet til fylkeskommunane blir omdisponert til høvesvis kap. 571, post 60 og 64 og kap. 572, post 60. Sjå nærare omtale under respektive budsjettpostar.
Kap. 573 Kommunestruktur
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
62 | Delingskostnader | 200 000 | 213 674 | |
Sum kap. 573 | 200 000 | 213 674 |
Post 62 Delingskostnader
Stortinget har ved behandlinga av Prop. 113 LS (2021–2022) og Prop. 127 S (2021–2022) vedtatt å dele Ålesund kommune og fylkeskommunane Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark og Viken med verknad frå 1. januar 2024. Direkte og nødvendige delingskostnader blir kompenserte gjennom ei søknadsordning basert på ei nøktern tilnærming. I saldert budsjett for 2023 er det løyvd 200 mill. kroner, og det er løyvd ytterlegare 204,7 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2023.
Viken, Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark har i brev frå departementet fått beskjed om at dei vil få tilsegn om høvesvis 377 mill. kroner, 68,2 mill. kroner og 150 mill. kroner i kompensasjon. Ålesund kommune har i 2023 fått utbetalt 200 mill. kroner som kompensasjon for direkte og nødvendige delingskostnader.
Det blir foreslått å løyve 213,7 mill. kroner i 2024.
Kap. 575 Ressurskrevjande tenester
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
60 | Toppfinansieringsordning, overslagsløyving | 10 695 729 | 11 658 513 | 12 983 505 |
61 | Tilleggskompensasjon | 55 000 | 82 800 | 88 409 |
Sum kap. 575 | 10 750 729 | 11 741 313 | 13 071 914 |
Post 60 Toppfinansieringsordning, overslagsløyving
Mål for ordninga
Ordninga skal legge til rette for at kommunane kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester. Ordninga støttar opp om mål 3 Berekraftige, nyskapande og omstillingsdyktige kommunar. Kommunane har ansvaret for å gi helse- og omsorgstenester til dei som har krav på dette i samsvar med helse- og omsorgstenestelova. Tenestene blir finansiert i hovudsak gjennom dei frie inntektene til kommunane (skatteinntekter og rammetilskot). Behovet for ressurskrevjande tenester varierer mykje mellom kommunar. Det har førebels vore vanskeleg å finne objektive kriterium i inntektssystemet som kan fange opp denne variasjonen i kostnader.
Tildelingskriterium
Kommunane får refundert delar av utgiftene til tenester til menneske som får omfattande helse- og omsorgstenester. Dette kan mellom anna gjelde personar med psykisk utviklingshemming, nedsett funksjonsevne, personar med rusmiddelproblem og menneske med psykiske lidingar. For 2024 blir det foreslått at kommunane får kompensert 80 pst. av eigne netto lønsutgifter i 2023 til helse- og omsorgstenester ut over eit innslagspunkt på 1 608 000 kroner. Netto lønskostnader er løn til tilsette og tilhøyrande sosiale kostnader, minus øyremerkte tilskot og tilskot gjennom inntektssystemet. Tilskotsordninga gjeld for tenestemottakarar til og med det året dei fyller 67 år. For eldre over 67 år blir delar av utgiftene fanga opp gjennom dei ordinære kriteria i kostnadsnøkkelen for kommunane som ligg til grunn for fordelinga av rammetilskot til kommunane.
Oppfølging og kontroll
Kommunen skal sende innrapporteringsskjema med dokumentasjon til revisoren til kommunen, som gir ei revisjonsfråsegn til kravet frå kommunen. Kommunen skal deretter sende endeleg innrapporteringsskjema og revisjonsfråsegna til Helsedirektoratet gjennom Altinn. Kommunal- og distriktsdepartementet, Helsedirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med innrapporteringa til kommunane.
Rapport
Tilskotet for 2023 refunderer utgiftene til kommunane for 2022. Tilskotet til dei kommunane som tilfredsstilte kriteria for tilskot, vart fordelt av Helsedirektoratet i mai 2023. Det vart kravd til saman 11 657,4 mill. kroner i refusjon. Etter at det vart trekt 35,6 mill. kroner i for mykje utbetalt tidlegare år, vart det utbetalt 11 621,8 mill. kroner. Dette er 36,7 mill. kroner eller 0,3 pst. lågare enn saldert budsjett for 2023. Utbetalingane i 2023 auka med 6,5 pst. nominelt samanlikna med utbetalingane i 2022. Tala frå Helsedirektoratet for 2023 viser at 8 301 ressurskrevjande tenestemottakarar var omfatta av ordninga. Dette er ein auke på 4,4 pst. samanlikna med 2022.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Forslaget til løyving for 2024 tar utgangspunkt i faktisk utbetaling for 2023 på 11 657 mill. kroner. Utbetalingane i 2023 er framskrivne til 2024 på grunnlag av gjennomsnittleg underliggande vekst i ordninga frå 2020 til 2023 som var på om lag 1,6 pst. Det gir isolert sett ein auke på 186,5 mill. kroner. Tal frå pensjonsselskapa viser at pensjonspremiane vil auke betydeleg i 2023, mellom anna som følgje av høg lønsauke og høg regulering av pensjonar. Dette inneber isolert sett ein auke i lønsutgiftene som kan gi refusjon på om lag 500 mill. kroner. Til slutt blir det korrigert for lønsauken i kommunane i 2023 på 5,4 pst., noko som utgjer om lag 640 mill. kroner.
Innslagspunktet blir foreslått sett til 1 608 000 kroner. Dette er ein auke som svarer til den berekna lønsauken for 2023 på 5,4 pst.
Det blir foreslått å løyve 12 983,5 mill. kroner.
Post 61 Tilleggskompensasjon
Mål for ordninga
Tilleggskompensasjonen skal legge til rette for at mindre kommunar som har spesielt høge utgifter til ressurskrevjande tenester kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester.
Tildelingskriterium
Følgjande kriterium gjeld for at kommunar skal kvalifisere for tilskotet:
har høge utgifter til ressurskrevjande tenester per innbyggar
har færre enn 3 200 innbyggarar
har gjennomsnittlege skatteinntekter dei siste tre åra som er lågare enn 120 pst. av landsgjennomsnittet.
Med utgifter til ressurskrevjande tenester meiner ein her den delen av rapporterte nettoutgifter i toppfinansieringsordninga som ikkje blir dekt av toppfinansieringstilskotet, det vil seie «eigendelar»/utgifter opp til innslagspunktet, og dessutan 20 pst. del over innslagspunktet. Dei kommunane som oppfyller kriteria i dei to siste strekpunkta over, får kompensert for 80 pst. av utgiftene over ein terskelverdi per innbyggar. Terskelverdien er berekna til 5 300 kroner per innbyggar for 2024. Den faktiske terskelverdien vil bli berekna i samband med Helsedirektoratet si tildeling av tilskotet sommaren 2024, og kan avvike frå denne berekninga.
Oppfølging og kontroll
Kommunal- og distriktsdepartementet, Helsedirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med innrapporteringa til kommunane.
Rapport
I 2023 vart det utbetalt 82,8 mill. kroner til 31 kommunar. Terskelverdien vart berekna til 5 268 kroner per innbyggar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 88,4 mill. kroner, som er ein auke på 5,6 mill. kroner frå saldert budsjett for 2023.
Kap. 577 Tilskot til dei politiske parti
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 8 214 | 7 478 | 7 891 |
70 | Sentrale organisasjonar | 311 730 | 321 133 | 364 019 |
71 | Kommunale organisasjonar | 34 351 | 34 590 | 39 201 |
73 | Fylkesorganisasjonar | 75 632 | 75 584 | 85 668 |
75 | Fylkesungdomsorganisasjonar | 21 134 | 22 451 | 31 036 |
76 | Sentrale ungdomsorganisasjonar | 8 207 | 8 927 | 12 349 |
Sum kap. 577 | 459 268 | 470 163 | 540 164 |
Mål for ordninga
Tilskot til politiske parti skal bidra til å nå målet om at dei registrerte politiske partia har økonomiske midlar til å løyse sine kjerneoppgåver. Ordninga støtter opp om mål 1 Eit velfungerande demokrati.
Regjeringa foreslår ein reell auke av partistøtta med i alt 40 mill. kroner. 30 mill. kroner blir fordelt proporsjonalt på post 70 Sentrale organisasjonar, post 71 Kommunale organisasjonar og post 73 Fylkesorganisasjonar, medan 10 mill. kroner blir fordelt proporsjonalt på post 75 Fylkesungdomsorganisasjonar og post 76 Sentrale ungdomsorganisasjonar.
Tildelingskriterium
Alle registrerte politiske parti som har søkt og fyller krava i partilova, får i utgangspunktet økonomisk stønad.
Statleg partistønad blir gitt til registrerte politiske parti på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå som fekk stemmer ved førre val.
På grunnlag av morpartiet sin del av stemmene, blir det òg gitt stønad til dei politiske partia sine ungdomsorganisasjonar på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå.
Oppfølging og kontroll
Etter partilova § 10 skal ikkje myndigheitene føre kontroll med korleis partia disponerer stønaden. Det skal heller ikkje knytast vilkår til offentleg partistønad som kan kome i konflikt med sjølvstendet og uavhengigheita til dei politiske partia.
Kapittel 5 i partilova gir Partilovnemnda (PLN) myndigheit til å kontrollere at partia overheld forskrifta om finansiering i lova. Ved brot på forskrifta kan nemnda avkorte stønaden heilt eller delvis for eitt år av gongen. Dei administrative oppgåvene med partilova blir forvalta av Kommunal- og distriktsdepartementet og Statsforvaltaren i Vestland (SFVL). Statistisk sentralbyrå (SSB) samlar inn, behandlar og offentleggjer informasjon om partia sine finansielle forhold. Partilovnemnda har det overordna myndigheitsansvaret for enkeltsaker etter lova.
Rapport
Partilovnemnda heldt i 2022 fram med ei streng handheving av partia si plikt til å rapportere inn økonomien sin. 82 partiledd som ikkje rapporterte, mista partistøtta i 2023. I tillegg fekk 47 partiledd formell åtvaring for brot på rapportfristen. Fire parti fekk vedtak om avkorting for brot på revisjonsplikta. På oppdrag frå nemnda kontrollerte Partirevisjonsutvalet 35 tilfeldig utvalde parti og partiledd i mellomvalår. På grunnlag av rapporten fatta Partilovnemnda våren 2023 fire vedtak om avkorting i partistøtta og seks vedtak om formell åtvaring. Per august 2023 har nemnda fatta sju vedtak om formell åtvaring og tre vedtak om avkorting i støtta for brot på den lovbestemde fristen for å rapportere bidrag i valår.
Skjemaet for innrapportering for rekneskapsåret 2022 vart gjort tilgjengeleg av SSB den 28. mars 2023. I alt vart 3 024 partiledd pålagt plikt om å rapportere. Dette er 95 fleire partiledd enn året før. Årsaka til auken er at det er fleire av dei nye registrerte partia som for første gong stiller til val i kommunar og fylke ved valet i september 2023.
Ved fristen for innrapportering 1. juni 2023 hadde 2 902 partiledd rapportert, noko som svarer til 96 pst. av alle partiledda som er omfatta av partilova.
Departementet lanserte IKT-prosjektet «Partiregnskap» i 2022. Systemet skal gjere det enklare og meir effektivt for parti og partiledd å oppfylle pliktane etter partilova. Rekneskapssystemet er utvikla av Statsforvaltarens fellestenester (STAF) i samråd med utvalde parti og myndigheiter. Systemet er gratis og frivillig å bruke. SFVL og STAF har halde digitale kurs om bruken av systemet både i 2022 og 2023. «Partiregnskap» vart utvikla vidare i 2022 slik at det frå og med 1. januar 2023 kan nyttast til å registrere og rapportere bidrag i valår.
Departementet, Partilovnemnda, SSB og SFVL gjennomførte i 2022 ein regional møterunde der tema mellom anna var rettigheiter og plikter etter partilova. Alle parti og partiledd vart invitert til å delta. Det vart halde møte i Bergen, Trondheim, Tromsø og Oslo. Om lag 260 har følgt møtet eller sett opptaket.
Partiportalen.no har sidan 2013 vore eit viktig verktøy i administrasjonen av partilova. Om lag 3 000 parti og partiledd nyttar portalen til å søkje om statleg partistønad og rapportere om økonomien sin til SSB. Det er behov for å fornye portalen. Departementet setje i 2023 i gang eit forprosjekt med mål om å kartlegge partia og involverte myndigheiter sine ønske og behov i samband med ein ny portal. Departementet har dessutan bedt STAF i 2023 om å gjennomføre ein tenestedesignprosess i samsvar med Digitaliseringsrundskrivet.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker mellom anna utgifter til drift av Partilovnemnda, Partirevisjonsutvalet, Partiportalen, SFVL, STAF og Partiregisteret som Brønnøysundregistera forvaltar. Finansieringa av SSBs oppgåver etter lova vart frå 2023 overført til SSB.
Det blir foreslått å løyve 7,9 mill. kroner.
Post 70 Sentrale organisasjonar
Løyvinga er øyremerkt registrerte politiske parti på nasjonalt nivå og blir delt slik at 90 pst. går til stemmestønad og 10 pst. til grunnstønad. Departementet betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar stortingsvalperiode. Stemmestønad blir utbetalt som ein fast sats per stemme rekna ut på grunnlag av den årlege løyvinga og resultatet frå føregåande stortingsval. Grunnstønad utbetalast til partiets hovudorganisasjon dersom partiet fekk minst 2,5 pst. oppslutning på landsbasis eller vann minst eit mandat ved føregåande stortingsval. Grunnstønaden blir delt likt mellom desse partia.
Det blir foreslått å løyve 364,0 mill. kroner.
Post 71 Kommunale organisasjonar
Løyvinga er øyremerkt kommuneorganisasjonar under registrerte politiske parti og blir delt slik at 90 pst. går til stemmestønad og 10 pst. til grunnstønad. Det er eit krav om at partiet må ha ein organisasjon i den respektive kommunen for å få stønad. SFVL betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar kommunestyrevalperiode.
Stemmestønad blir betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen er berekna på grunnlag av den årlege løyvinga og resultatet frå føregåande kommunestyreval. Grunnstønad blir løyvd til partia sine kommuneorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst eitt mandat ved førre kommunestyreval. Grunnstønaden blir delt likt mellom desse partia.
Det blir foreslått å løyve 39,2 mill. kroner
Post 73 Fylkesorganisasjonar
Løyvinga er øyremerkt fylkesorganisasjonar under registrerte politiske parti og blir delt slik at 90 pst. går til stemmestønad og 10 pst. til grunnstønad. Det er eit krav om at partiet må ha ein organisasjon i det respektive fylket for å få stønad. SFVL betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar fylkestingsvalperiode.
Stemmestønad blir betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen er berekna på grunnlag av den årlege løyvinga og resultatet frå føregåande fylkestingsval. Grunnstønad blir løyvd til partia sine fylkesorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4 pst. oppslutning i fylket eller vann minst eitt mandat ved førre fylkestingsval. Grunnstønaden blir delt likt mellom desse partia.
Det blir foreslått å løyve 85,7 mill. kroner.
Post 75 Fylkesungdomsorganisasjonar
Løyvinga går til parti med fylkesungdomsorganisasjon og blir betalt ut i samsvar med talet på stemmer som morpartiet fekk ved føregåande fylkestingsval. SFVL betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar fylkestingsvalperiode.
Det blir foreslått å løyve 31,0 mill. kroner.
Post 76 Sentrale ungdomsorganisasjonar
Løyvinga går til parti med sentral ungdomsorganisasjon og blir betalt ut i samsvar med talet på stemmer som morpartiet fekk ved føregåande stortingsval. Departementet betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar stortingsvalperiode.
Det blir foreslått å løyve 12,3 mill. kroner.
Kap. 578 Valdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 50 992 | 114 918 | 61 265 |
70 | Informasjonstiltak | 5 665 | ||
Sum kap. 578 | 50 992 | 120 583 | 61 265 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter for Valdirektoratet. Direktoratet har det operative ansvaret for valgjennomføring på statleg nivå. Direktoratet er lokalisert i Tønsberg og hadde 30 avtalte årsverk i 2022.
Aktivitetane i 2022 og 2023 var i stor grad retta mot tilrettelegging og gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsvalet hausten 2023.
Direktoratet har arbeidd for sikkerheit og beredskap i alle fasar av valgjennomføringa. Rettleiinga og opplæringa til valet er no fulldigital. Valkonferansen vart gjennomført både digitalt og fysisk på seks stader i landet. Direktoratet har utvikla ei digital løysing for innsamling av underskrifter på listeforslag og styrkt digital rettleiing til kommunane og fylkeskommunane. Valmedarbeidarportalen er nyutvikla og nettstaden valg.no er fornya. Direktoratet har òg produsert og sendt ut materiell til valet og gitt informasjon til veljarane.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Direktoratet sine hovudaktivitetar i 2024 vil vere retta mot tilrettelegging for ein korrekt og sikker gjennomføring av stortingsvalet i 2025, og forvaltning og vidareutvikling av det elektroniske valadministrasjonssystemet EVA.
Det blir foreslått å løyve 61,3 mill. kroner. Reduksjonen frå 2023 er i hovudsak ei følgje av at det ikkje skal gjennomførast val i 2024.
Post 70 Informasjonstiltak
Tilskotsordninga skal bidra til å auke dei stemmeføre sin kunnskap om valet og/eller auke valdeltakinga.
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 fordelte Valdirektoratet tilskot på til saman 5,7 mill. kroner. Totalt 15 organisasjonar og andre aktørar vart tildelt tilskot. Tiltaka som har fått støtte er mellom anna valinformasjon til menneske med funksjonsnedsetting, informasjonsfilmar og radioinnslag for innsette i norske fengsel, kampanjar retta mot ungdom på sosiale medium og informasjonstiltak retta mot kvinner og unge jenter med minoritetsbakgrunn.
Sidan det ikkje er val i 2024 blir det ikkje fremja budsjettforslag.
Kap. 5616 Kommunalbanken AS
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
85 | Aksjeutbytte | 646 000 | 652 000 | 660 000 |
Sum kap. 5616 | 646 000 | 652 000 | 660 000 |
Post 85 Aksjeutbytte
Kommunalbanken er eit heileigd statleg aksjeselskap. Mål og grunngiving for staten sin eigarskap er uttrykt i Meld. St. 6 (2022–203) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap. Av dei generelle grunngivingane for statleg eigarskap tilhøyrar Kommunalbanken kategorien «Tilrettelegging for berekraftig omstilling og auka verdiskaping».
Staten eig Kommunalbanken for å tilby stabil, langsiktig og effektiv finansiering til kommunesektoren. Staten sitt mål som eigar er høgast mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammer.
Kommunalbanken har ei klar grunngiving, som eit verkemiddel for å tilby finansiering av kommunesektoren. Andre nordiske og vest-europeiske land har liknande, offentleg eigde kredittinstitusjonar som har til oppgåve å finansiere kommunale investeringar. Grunngivinga for desse institusjonane er at god offentleg kredittverdigheit bidrar til å senke kommunane sine kapitalkostnader.
Kommunalbanken gir lån til kommunar, fylkeskommunar, kommunale føretak, interkommunale selskap og andre selskap som utfører kommunale oppgåver, enten mot kommunal garanti, statleg garanti eller anna sikkerheit. Kommunalbanken opererer i marknaden for utlån til kommunesektoren i konkurranse med mellom anna KLP og investorar i kapitalmarknaden. Kommunalbanken har ein marknadsdel på om lag 50 pst.
Kommunale investeringar er kjenneteikna av eit langsiktig tidsperspektiv. Kommunalbanken tilbyr i hovudsak langsiktige, avdragsbaserte lån med løpetider som speglar den forventa levetida til investeringane, gjerne opp til 40 år.
Over tid har kommunesektoren auka delen lån i kapitalmarknaden. Dette er i hovudsak avdragsfrie lån i obligasjons- og sertifikatmarknaden med kortare løpetid, frå nokre få månader opp til 5 år. Det er i særleg grad større kommunar og fylkeskommunar som bruker kapitalmarknaden. Små og mellomstore kommunar baserer seg i større grad på opptak av langsiktige, avdragsbaserte lån. Finansiering frå Kommunalbanken er særleg viktig for sistnemnde kommunar, som ikkje er forventa å ha same kapasitet og kompetanse som større kommunar og fylkeskommunar til å nytte andre finansieringskjelder.
For nærare informasjon om verksemda i Kommunalbanken, sjå årsrapporten til selskapet og Statens eigarrapport for 2022.
For perioden 2022–2024 er avkastningskravet for Kommunalbanken 5,5 pst. av verdijustert eigenkapital. Avkastningskravet er definert som den forventa avkastninga staten kunne ha oppnådd ved ei alternativ plassering med tilsvarande risiko. Kravet er stilt i forhold til den avkastninga selskapet har på eigenkapitalen etter skatt.
Budsjettforslag 2024
Frå og med rekneskapsåret 2023 har staten ei langsiktig utbytteforventning for Kommunalbanken på om lag 55 pst. av kjerneresultatet etter skatt, gitt tilfredsstillande kapitaldekning. Langsiktig utbytteforventning gjeld for dei neste 4–5 åra.
Fram til 2022 vart utbytte basert på ein fast del av verdijustert eigenkapital. Ny langsiktig utbytteforventning basert på ein del av kjerneresultatet og tilfredsstillande kapitaldekning, samsvarar betre med staten sine prinsipp for god eigarstyring. Over tid er det anslått at ny utbytteforventning vil gi om lag uendra utbytte samanlikna med tidlegare utbytteforventning.
Aksjeutbytte for rekneskapsåret 2023 blir løyvd på statsbudsjettet for 2024. Utbytte er anslått til 660 mill. kroner. Årsrekneskap for 2023 og annan vesentleg informasjon om den aktuelle situasjonen for selskapet vil inngå i vurderingane til styre og eigar av storleiken på utbytte. Denne informasjonen er i stor grad ikkje kjent på noverande tidspunkt. Det er derfor stor usikkerheit knytt til utbytteanslaget. Oppdatert anslag blir lagt fram i samband med revidert budsjett for 2024.
Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg
Utgifter under programkategori 13.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
581 | Bustad- og bumiljøtiltak | 4 940 751 | 4 360 230 | 4 112 575 | -5,7 |
585 | Husleigetvistutvalet | 37 082 | 37 754 | 40 150 | 6,3 |
587 | Direktoratet for byggkvalitet | 150 978 | 150 032 | 164 078 | 9,4 |
2412 | Husbanken | 20 810 045 | 21 270 799 | 23 391 339 | 10,0 |
Sum kategori 13.80 | 25 938 856 | 25 818 815 | 27 708 142 | 7,3 |
Inntekter under programkategori 13.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3585 | Husleigetvistutvalet | 2 692 | 2 736 | 3 271 | 19,6 |
3587 | Direktoratet for byggkvalitet | 37 397 | 34 990 | 42 820 | 22,4 |
5312 | Husbanken | 14 454 558 | 13 993 700 | 14 732 542 | 5,3 |
5615 | Husbanken | 2 014 222 | 5 244 000 | 5 581 000 | 6,4 |
Sum kategori 13.80 | 16 508 869 | 19 275 426 | 20 359 633 | 5,6 |
Innleiing
Det er kommunane som set i verk bustad- og bygningspolitikken lokalt, medan det i hovudsak er private som bygger, utbetrar og finansierer bustad- og bygningsmassen. Staten sørgjer for gode rammer for bustad- og bygningssektoren gjennom å utvikle og forvalte regelverk, økonomiske ordningar og kunnskap.
Kommunal- og distriktsdepartementet skal bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Departementet har ansvaret for regelverk og andre verkemiddel som skal fremje god byggkvalitet og effektive prosessar i byggesaker.
Departementet har òg ansvaret for plan- og bygningslova. Plandelen av lova er omtalt under programkategori 13.90. I tillegg har departementet ansvar for å sikre balansert regulering av rettar og plikter ved leige av bustad og blant bustadeigarar, inkludert bustadbyggjelagslova, burettslagslova, eigarseksjonslova og husleigelova.
Kommunal- og distriktsdepartementet samarbeider med fleire departement for å sikre ein heilskapleg bustad- og bygningspolitikk. Departementet har tre underliggande verksemder som er faginstansar på sine område: Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet.
Husbanken skal førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og bidra til at vanskelegstilte kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Husbanken set i verk regjeringa sin bustadsosiale politikk gjennom økonomiske verkemiddel som bustøtte, tilskot og lån. Husbanken støttar opp om kommunane sitt bustadsosiale arbeid, og legg til rette for kunnskapsutvikling og kompetanseoverføring til kommunar, frivillig sektor, byggsektoren og andre. I tillegg forvaltar Husbanken ordningar for andre departement. I Nordland, Vestland og Rogaland har statsforvaltarane mellombels (fram til hausten 2024) tatt over ansvaret for rettleiing av kommunane i desse fylka på det bustadsosiale området. Husbanken sitt distriktsretta arbeid skal stimulere til auka tilgang på eigna bustader i kommunar på sentralitetsnivå 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå. Husbanken skal òg stimulere til tilgjengelege og miljøvenlege bustader og bumiljø.
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) skal bidra til at det blir bygd sikre, miljøvenlege og tilgjengelege bustader og bygg på ein effektiv måte, og at krava til byggverk blir følgt. Direktoratet er eit nasjonalt kompetansesenter på bygningsområdet. DiBK er tilsynsmyndigheit for byggevaremarknaden og har ansvar for Sentral godkjenning for ansvarsrett, som er ei frivillig ordning der byggefirma kan få førehandsvurdert kvalifikasjonane sine. Direktoratet sitt arbeid med informasjon og rettleiing er retta mot kommunane, aktørane i byggeprosessen, byggevaremarknaden og publikum. DiBK skal ha innsikt i korleis regelverket verkar, og svarer på spørsmål om byggesaksforskrifta (SAK), byggteknisk forskrift (TEK) og omsetnad av byggevarer (DOK). DiBK skal gi faglege råd om utvikling av regelverket for å vareta forsvarleg byggkvalitet, og har ansvar for større utgreiingsoppdrag mellom anna om naturfarar, klimavenleg byggeverksemd og energieffektive bygg. DiBK arbeider òg med digitalisering av byggereglar og plan- og byggesaksprosessar.
Husleigetvistutvalet (HTU) skal bidra til ein velfungerande leigemarknad ved å styrkje rettstryggleiken til leigetakarane og utleigarane. HTU er eit tvisteløysingsorgan som kan behandle alle typar tvistar om leige av bustad etter husleigelovene. HTU gir òg informasjon og rettleiing om husleigelovene, og svarer på spørsmål frå leigetakarar og utleigarar om ulike sider ved utleige og leige av bustad.
Mål for programkategorien
Tilgang på eigna bustader i heile landet
Sikre bygg og berekraftig byggeverksemd
Effektive og digitale byggeprosessar
Mål 1 Tilgang på eigna bustader i heile landet
Alle skal bu trygt og godt. Regjeringa vil at det skal vere tilgang på eigna bustader i heile landet. Det betyr at bustadmarknadene må fungere, både for kjøp og leige, og den enkelte skal ha tilgang til ein bustad som eignar seg.
Regjeringa vil at fleire skal få moglegheit til å eige sin eigen bustad. Regjeringa har mellom anna sendt på høyring forslag til endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova, som skal legge betre til rette for bustadkjøpsmodellane deleige og leige til eige, samstundes som at omsynet til forbrukarane blir varetatt.
Leigemarknaden er ein viktig del av den norske bustadmarknaden og avgjerande for at bustadmarknaden i heilskap skal fungere. Regjeringa vil legge til rette for gode og trygge leigebustader. Regjeringa har mellom anna sett ned eit utval som skal gå gjennom husleigelova. Regjeringa har òg starta arbeidet med eit leigeløft saman med aktørar på leigemarknaden for å samarbeide om gode løysingar, og lansert ei nettside som samlar informasjon om å leige ut ein bustad (boligdugnaden.no).
Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får bustadproblem, og gi hjelp til dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Barn og unge skal ha gode og stabile buforhold, ingen skal måtte vere bustadlause, og personar med funksjonsnedsettingar skal på lik linje med andre kunne velje kor og korleis dei skal bu. Bustøtte og startlån er staten sine viktigaste økonomiske bustadsosiale verkemiddel.
Ein velfungerande bustadmarknad er ein føresetnad for nærings- og samfunnsutvikling i alle kommunar. Regjeringa vil legge til rette for auka bustadbygging i distrikta. Det skal òg bli utvikla butilbod som er lagt til rette for eldre. Eldre skal få bu i sin eigen bustad så lenge som mogleg, dersom dei kan og vil, og regjeringa vil i 2024 setje i gang eit eldrebustadprogram.
Regjeringa vil legge fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga vil mellom anna ta for seg leige- og eigemarknadene, arbeidet for spesielt sårbare grupper og innsats for å skape gode og varierte bustadmiljø. Meldinga vil sjå på kommunane si rolle i bustadpolitikken og Husbanken si rolle med å støtte opp om kommunane. Regjeringa tar sikte på å legge fram meldinga våren 2024.
Sjå nærare omtale av løyvingar som støttar opp under mål 1 under kap. 581 og kap. 2412.
Mål 2 Sikre bygg og berekraftig byggeverksemd
Regjeringa vil at bustader og bygg skal vere sikre og berekraftige. Byggereglane gjeld først og fremst ved nybygging. Folk skal vere trygge på at det blir bygd på trygg grunn, og at nye bustader og bygg er brann- og konstruksjonssikre. Regjeringa vil greie ut forbetringar i reglane for kontroll og tilsyn i byggesaker, og vurdere krava til kompetanse hos aktørar som skal utføre oppgåver i eit byggeprosjekt.
Byggereglane må vere tilpassa dei ulike lokalsamfunna som er utsette for fjellskred, flodbølger og flaum. Regjeringa har allereie fjerna unødvendige restriksjonar i byggereglane som gjer det mogleg å bygge i område som er utsette for primærverknader av fjellskred, og i område der fjellparti har periodisk overvaking. Regjeringa vil utvikle regelverket vidare, slik at lokal samfunnsutvikling framleis skal vere mogleg i slike område, utan at det går utover sikkerheita.
Berekraftig byggeverksemd handlar òg om å redusere klimaavtrykket. Byggenæringa har eit stort potensial for å kutte utslepp, mellom anna ved å bruke klimavenlege materialar og ombruk av byggevarer. Eit viktig tiltak for å få ned utsleppa frå bygg, er å rive mindre og bruke eksisterande bygningar lenger.
Kvart år blir samfunnet utsett for store skadar på grunn av overvatn. Våtare og villare vêr, sentralisering og fortetting kan auke problema. Regjeringa vil at overvatn skal vere ein ressurs, og ikkje berre eit problem. Endringar i plan- og bygningslova som gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn trer i kraft 1. januar 2024.
Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 2 under kap. 581, kap. 587 og kap. 2412.
Mål 3 Effektive og digitale byggeprosessar
Regjeringa vil legge til rette for eit enklare og meir forståeleg regelverk for plan- og bygningslova, med tilhøyrande forskrifter, som kan bidra til å redusere byggefeil, auke produktiviteten i næringa og avgrense bruken av ressursar i kommunane. Rettleiing og informasjon gjennom digitale sjølvbeteningsløysingar, vil bidra til betre etterleving av eit komplekst regelverk, og fremje bygging utover minstekravet i regelverket. Regjeringa vil fortsette arbeidet med å digitalisere byggesaksprosessar og byggereglar, for å legge til rette for meir effektive byggeprosessar og enklare etterleving av regelverket.
Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 3 under kap. 587.
Berekraftsmåla
Bustad- og bygningspolitikken støttar opp om fleire av berekraftsmåla. Berekraftsmål 11 handlar om å gjere byar og lokalsamfunn trygge, robuste og berekraftige, og delmål 11.1 går ut på å sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader til ein overkommeleg pris. Startlån frå Husbanken gjer at fleire kan kjøpe ein eigna bustad, og lån til utleigebustader frå Husbanken bidrar til fleire eigna utleigebustader. Husleigetvistutvalet bidrar til ein tryggare og meir velfungerande leigemarknad i heile landet gjennom informasjon og rettleiing om rettar og plikter til leigetakarar og utleigarar. Regjeringa er opptatt av at det skal vere tilgang på eigna bustader i heile landet, og Husbanken har ein innsats for bustadutvikling i distriktskommunar. Husbanken skal òg medverke til å skaffe fleire eigna bustader til eldre, og har personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming som ei prioritert målgruppe.
Startlån bidrar òg til å nå mål 1 om å utrydde fattigdom og mål 10 om å redusere ulikskapen i samfunnet. Bustøtta, som skal sikre husstandar med låge inntekter og høge buutgifter ein eigna bustad, er særs viktig for å nå mål 10.
Berekraftsmål 13 handlar om å stoppe klimaendringar. Regjeringa har innført krav om klimagassrekneskap ved bygging av større bygg, og invitert bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa til dialog om klimapartnarskapsavtale. Å fremje berekraftig byggeverksemd er ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). I tillegg gir Husbanken lån til å oppgradere bustader og bygge miljøvenlege bustader. Endringar i plan- og bygningslova, som gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn, er døme på tiltak for å styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg klimarelaterte farar. DiBK sitt arbeid bidrar òg til å nå mål 9, som handlar om berekraftig industrialisering og innovasjon, og mål 12, som handlar om ansvarleg forbruk og produksjon for å sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster.
Husbanken bidrar til mål 17, som handlar om å stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet gjennom sitt samarbeid med mellom anna kommunar, brukar- og interesseorganisasjonar, bustadbyggelag, utbyggarar og andre velferdsdirektorat. Det tverrsektorielle samarbeidet på direktoratsnivå sikrar at kommunane får god informasjon og opplæring på det bustadsosiale feltet. Samarbeidet gjeld mellom anna innsatsen retta mot ulike utsette grupper på bustadmarknaden.
Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
60 | Energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheim | 160 000 | ||
70 | Bustøtte, overslagsløyving | 4 671 690 | 4 065 246 | 3 895 246 |
76 | Utleigebustader og forsøk med nye bustadmodeller, kan overførast | 219 937 | 87 278 | 162 720 |
78 | Bustadtiltak, kan overførast | 7 089 | 15 338 | 26 799 |
79 | Heis og tilstandsvurdering, kan overførast | 42 035 | 32 368 | 27 810 |
Sum kap. 581 | 4 940 751 | 4 360 230 | 4 112 575 |
Post 60 Energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheim
Mål for ordninga
Tilskotet skal bidra til energioppgradering av kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer energibehovet i bustadene. Ordninga støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader i heile landet.
Rapport
Posten var ny i 2023. I 2023 vart det løyva 160 mill. kroner i saldert budsjett og 103,7 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett, til saman 263,7 mill. kroner.
I første halvår 2023 har Husbanken gitt tilsegn om tilskot for 237,9 mill. kroner til 202 prosjekt. Mellom anna har Kongsberg kommune ei satsing på solceller på kommunen sine sjukeheimar, og har fått tilsegn om tilskot til åtte prosjekt. Senja kommune har fått tilsegn om tilskot til ulike energitiltak i kommunen sine utleigebustader, mellom anna til etterisolering og utskifting av vindauge.
Budsjettforslag for 2024
Frå 2024 blir det foreslått at tilskotet blir gitt frå Olje- og energidepartementet jf. omtale under kap. 1825, post 60 under Olje- og energidepartementet.
Post 70 Bustøtte, overslagsløyving
Mål for ordninga
Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Ordninga støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader i heile landet.
Kriterium for måloppnåing
Departementet vurderer måloppnåinga for ordninga med utgangspunkt i buutgiftsbelastinga, det vil seie forholdet mellom buutgifter og inntekter for mottakarane, og korleis bustøtta endrar denne. Tala blir samanlikna med gjennomsnittstal for heile Noreg.
Tildelingskriterium
Bustøtte er ein behovsprøvd rett for alle personar over 18 år, med unntak av dei fleste studentar og militære tenestepliktige. Bustaden må ha eigen inngang, høve til kvile og matlaging, og eige bad og toalett. Kommunen kan gjere visse unntak frå dette av helse- eller omsorgsfaglege grunnar. Husbanken reknar ut støtta ut frå buutgiftene til husstanden opp til ei øvre grense, og ein eigendel som avheng av dei samla skattepliktige inntektene til alle medlemar i husstanden. Inntekt og formue til barn under 18 år tel ikkje med i berekninga. Tildelingskriterium og reglar for berekninga er gitt i lov og forskrift.
Oppfølging og kontroll
Husbanken forvaltar ordninga i samarbeid med kommunane. Støtta blir behovsprøvd mot månadleg brutto inntekt, mellom anna det som er registrert i a-ordninga, der arbeidsgivar rapporterer om inntekt og tilsette. I etterkant blir inntekta kontrollert mot skatteoppgjeret. Er det vesentlege feil i utbetalingane, blir forskjellen enten etterbetalt eller kravd tilbake.
Rapport
I 2022 vart det utbetalt 4 671,7 mill. kroner i bustøtte. Av dette var 3 193,3 mill. kroner ordinære vedtak, 65,2 mill. kroner resultat av klager, etterbehandlingar og etterkontroll, og 1 413,2 mill. kroner var ekstraordinære utbetalingar i periodane januar–juni og november–desember på grunn av høge straumprisar. Tabellen under viser nøkkeltal for 2021 og 2022.
2021 | 20221 | |
---|---|---|
Utbetalt bustøtte (mill. kroner) | 3 294 | 4 672 |
Tal på mottakarar (husstandar) i løpet av året | 116 300 | 138 100 |
Gjennomsnittleg tal på mottakarar (husstandar) per månad | 79 100 | 93 400 |
Gjennomsnittleg månadleg utbetalt bustøtte per husstand (kroner) | 2 863 | 2 850 |
Gjennomsnittleg månadleg utbetalt bustøtte per husstand (kroner) som for eit heilt år utgjer | 34 356 | 34 200 |
1 Mellombelse auka satsar som følgje av høge straumprisar, og inkludert ekstra utbetalingar til mottakarane etter eigne stortingsvedtak
Ei årsak til forskjellane mellom tala for 2021 og 2022 er dei mellombelse reglane som har gjeldt i heile 2022. Reglane har gitt høgare inntektsgrenser slik at fleire enn normalt får bustøtte. Snittutbetalinga er med dette lågare, fordi mange av dei nye som har kome til, har høgare inntekt enn dei som til vanleg har rett på bustøtte.
Buutgiftsbelasting
I følgje SSB høyrde ein av fem nordmenn til ein husstand med høg buutgiftsbelasting i 2022. Det vil seie at buutgiftene utgjorde minst 25 pst. av inntektene etter skatt.
Tabellen nedanfor viser forskjell i buutgiftsbelasting før og etter bustøtte i 2021 og 2022 .
I 2022 hadde bustøttemottakarane buutgifter som utgjorde i gjennomsnitt 57 pst. av inntektene før skatt. Det er 12 prosentpoeng lågare enn i 2021. Med bustøtta i tillegg til andre inntekter, utgjorde buutgiftene 49 pst. av dei samla inntektene før skatt i 2022 og 57 pst. i 2021. I gjennomsnitt var effekten av bustøtta på buutgiftsbelastinga litt lågare i 2022 enn i 2021. Det er fordi dei mellombelse reglane for å få bustøtte førte til at mange fleire husstandar enn vanleg fekk ytinga, der dei fleste av desse hadde noko høgare inntekt enn andre mottakarar og derfor i snitt fekk mindre utbetalt.
Gjennomsnittlege buutgifter | Gjennomsnittleg bruttoinntekt | Buutgiftsbelasting utan bustøtte | Buutgiftsbelasting med bustøtte | |
---|---|---|---|---|
2021 | 8 784 | 12 567 | 69 % | 57 % |
2022 | 9 135 | 15 961 | 57 % | 49 % |
Ekstra utbetalingar på grunn av høge straumprisar
Bustøttemottakarane fekk ekstra utbetalingar som hjelp til å dekke høge straumrekningar i januar til og med juni, og i november og desember 2022, og i januar til og med mai 2023. Det er òg vedtatt å gjere slike utbetalingar i november og desember 2023 og januar 2024. I alt er det anslått at utbetalingane i 2023 vil utgjere 1 165 mill. kroner.
Mellombels regelverk
I samband med vedtaka om ekstrautbetalingar til bustøttemottakarane som følgje av høge straumprisar vinteren 2021–2022, vart det òg vedtatt mellombelse endringar i bustøtteregelverket, for å gi fleire husstandar tilgang til bustøtta og ekstrautbetalingane. Endringane inneber lågare eigendel og høgare inntektsgrenser. Dei vart innført 1. desember 2021, jf. Innst. 102 L (2021–2022) og har fleire gongar blitt forlenga.
Kompensasjon for auka trygdeytingar
I budsjettet for 2023 vart minste alderspensjon, særskild sats for einslege, auka med 4 000 kroner, frå og med mars. For at dette ikkje skulle føre til redusert bustøtte, vart berekningssatsane for bustøtte til einslege alderspensjonistar endra frå 1. mars, og etterbetalingar av alderspensjon for einslege vart ikkje rekna med i mars 2023.
Barnetillegga til dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad vart òg auka. For at ikkje dette heller skulle føre til redusert bustøtte, vart bustøtta for barnefamiliar styrka. Frå 1. februar fekk barnefamiliar noko gunstigare berekningsreglar.
Grunnbeløpet i folketrygda, G, blir regulert opp 1. mai, og auken for mai blir i mange tilfelle etterbetalt saman med ytinga for juni. For at brukarane ikkje skulle tape bustøtte på grunn av dette, fekk Husbanken instruks om å sjå bort frå etterbetalingane frå NAV som kom i juni 2023 og gjaldt mai 2023.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Ekspertgruppa som vart sett ned i 2020 for å gjennomgå bustøtta, leverte sin rapport i mai 2022. Gruppa etterlyser mellom anna ei forankring av regelverkssatsane i underliggande prinsipp og tilgjengeleg statistikk. Vidare peiker dei på at bustøtteordninga kan virke meir komplisert enn nødvendig. Departementet arbeider vidare med å følgje opp rapporten til ekspertgruppa.
I januar 2024 er det venta at om lag 112 000 husstandar vil få til saman om lag 303 mill. kroner i bustøtte for desember 2023, som følgje av mellombelse reglar som vart vedtatt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. I tillegg vil husstandane få ei ekstrautbetaling på grunn av høge straumprisar, som er venta å bli på i alt 177 mill. kroner.
Statnett forventar at straumprisane vil bli lågare i 2024 enn i 2022, men at dei historisk sett framleis vil vere på eit høgt nivå. Regjeringa foreslår derfor å vidareføre dei mellombelse reglane til og med mars 2024. I tillegg foreslår regjeringa at bustøttemottakarane får ekstra utbetalingar på 1 000 kroner per husstand, pluss 150 kroner per person utover første husstandsmedlem, for januar, februar og mars 2024. Dette medfører ein auke i løyvinga på 498 mill. kroner. Dei mellombelse reglane inneber høgare inntektsgrenser og dermed vesentleg fleire mottakarar enn med det ordinære regelverket. Frå april 2024 er det venta færre mottakarar i ordninga. Etter at dei mellombelse reglane er borte, vil i gjennomsnitt 85 500 husstandar få bustøtte kvar månad.
I løpet av 2024 er det vidare venta at om lag 25 mill. kroner vil gå til utbetalingar som følgje av klager, etterbehandlingar og etterkontroll.
Det blir foreslått ei samla løyving på 3 895,2 mill. kroner.
Post 76 Utleigebustader og forsøk med nye bustadmodeller, kan overførast
Mål for ordninga
Løyvinga dekker tilskot til utleigebustader og forsøk med nye bustadmodellar. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) for nærare omtale av ordninga.
Rapport
I 2022 gav Husbanken tilsegn om tilskot til utleigebustader for 154 mill. kroner til 176 utleigebustader. Gjennomsnittleg tilskot per utleigebustad var 875 000 kroner. Dette er 58 000 kroner meir enn i 2021, og heng saman med at det i 2022 var ein auke i talet på større bustader som vart finansierte med tilskot.
Av bustadene som vart finansierte med tilskot til utleigebustader i 2022, var 63 pst. større enn 65 kvadratmeter, mot 53 pst. i 2021. Dette bidrog til fleire eigna bustader til barnefamiliar. Vidare gav Husbanken tilsegn om tilskot for 9,8 mill. kroner til 18 bustader som er tilrettelagde for personar med rusavhengigheit og psykiske lidingar. Det var ein nedgang frå 2021, då det vart gitt tilskot til 30 slike bustader.
I samband med statsbudsjettet for 2023 vart ordninga avvikla. I første halvdel av 2023 vart det derfor ikkje gitt tilsegn om tilskot til utleigebustader.
For å bidra til rask busetting av flyktningar vart det vedtatt mellombels å gjeninnføre tilskot til utleigebustader i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Det vart vedtatt ei tilsegnsramme på 400 mill. kroner, og samstundes opna opp for at Husbanken kan gi tilskot til istandsetting av utleigebustader.
Budsjettforslag for 2024
Ordninga er budsjettert med tilsegnsramme, tilsegnsfullmakt og løyving. Det blir foreslått å løyve 162,7 mill. kroner, ein auke på 75,4 mill. kroner som følgje av at ordninga vart mellombels gjeninnført i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 77,2 mill. kroner jf. forslag til romartalsvedtak. Heile løyvinga og tilsegnsfullmakta er knytt til tilskot som det er gitt tilsegn om i 2023 og tidlegare.
Post 78 Bustadtiltak, kan overførast
Posten omfattar tilskot til bustadsosiale tiltak, tilskot til bustadtiltak i distrikta og tilskot til leigebuarorganisasjonar.
Mål for ordningane
Ordningane skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet gjennom testing av nye bustadtiltak og stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon, og støtte opp under arbeid som varetar leigetakarar på bustadmarknaden. Tilskota støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader i heile landet.
Kriterium for måloppnåing
Bustadsosiale tiltak: Utvikling av nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet.
Bustadtiltak i distrikta: Utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidrar til auka tilgang på eigna bustader i distriktskommunar.
Leigetakarar sine interesser: Talet på medlemar i leigetakarorganisasjonar som varetar leigetakarane sine interesser.
Tildelingskriterium
For bustadsosiale tiltak kan frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar i heile landet søkje om tilskot.
For bustadtiltak i distriktskommunar, kan berre kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå søkje om tilskot.
For tilskot til leigebuarorganisasjonar kan slike organisasjonar søkje om tilskot til drift.
Husbanken avgjer søknader etter vilkår som er fastsett i forskrift. Prosjekt som bidrar til nytenking, og har stor overføringsverdi til andre prosjekt skal bli prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Husbanken forvaltar tilskotet. Husbanken skal samarbeide med Distriktssenteret om tildeling av tilskot som er retta mot distrikta. Etatane skal òg dokumentere læringsverdien av prosjekta og formidle og dele ny kunnskap. Tilskotsmottakarane skal utarbeide rapportar om resultat, prosess og metode. Rapportane blir publiserte på nettsidene til Husbanken.
Rapport
I 2022 omfatta posten tilskot til bustadsosiale tiltak og tilskot til leigebuarorganisasjonar. Det vart gitt tilsegn om tilskot til bustadsosiale tiltak for 13 mill. kroner i 2022. Husbanken har prioritert tiltak som bidrar til å auke kunnskapen om leigetakarar og å styrkje deira rettstryggleik. Utover dette fekk mellom anna NORCE støtte til å utvikle ein modell som kommunane kan bruke i arbeidet sitt med å planlegge bustadtilbodet for eldre. Oslo kommune fekk støtte til å utvikle nye bustad- og finansieringsløysingar for bustadlause med rusproblem. Dyrøy kommune fekk støtte til å utvikle ein bustadportal med skreddarsydde verkemiddelpakker for vanskelegstilte i bustadmarknaden. Det vart òg gitt tilsegn om tilskot til ni masterstipend. Masteroppgåvene handla mellom anna om bruk av kunstig intelligens for å effektivisere byggeprosessar, alternative bustadmodellar og bustadutvikling i distriktskommunar.
I første halvår 2023 har Husbanken gitt tilsegn om tilskot for 12,2 mill. kroner til 17 bustadsosiale prosjekt og 10 masteroppgåver. Bustadtiltak i distrikta var nytt i 2023-budsjettet. Det er gitt tilsegn om tilskot for 8,5 mill. kroner til 14 prosjekt til dette føremålet. Både i 2022 og i 2023 har Leieboerforeningen fått tilsegn om 1,5 mill. kroner i driftstilskot. Organisasjonen har ca. 5 000 medlemar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Tilskot til bustadtiltak har ein toårig utbetalingsprofil og blir budsjettert med løyving, tilsegnsramme og tilsegnsfullmakt. Om Husbanken får nok kvalifiserte søknader, skal minst 7 mill. kroner av tilsegnsramma gå til bustadsosiale tiltak og minst 21 mill. kroner til bustadtiltak i distrikta. Tilskot til leigebuarorganisasjonar skal ikkje overstige 1,5 mill. kroner.
Behovet for løyving aukar med 6,4 mill. kroner som følgje av tidlegare justeringar i tilsegnsramma.
Regjeringa ønskjer å bidra til betre bustadpolitisk kompetanse og styrka utviklings- og innovasjonskapasitet i distriktskommunar slik at kommunane kan få auka tilgang til fleire eigna bustader for å handtere framtidige utfordringar, som mangel på arbeidskraft og ei aldrande befolkning. For å satse på bustadtiltak i distrikta blir det derfor foreslått å auke løyvinga med 4,3 mill. kroner. Det vil gi ein auke i tilsegnsramma på 14,3 mill. kroner.
Samla blir det foreslått ei løyving på 26,8 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 26,3 mill. kroner jf. forslag til romartalsvedtak. Løyvinga og tilsegnsfullmakta gir ei tilsegnsramme på 37,5 mill. kroner i 2024.
Post 79 Heis og tilstandsvurdering, kan overførast
Mål for ordninga
Løyvinga går til prosjektering og installering av heis. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) for nærare omtale av ordninga.
Rapport
I 2022 gav Husbanken tilsegn om tilskot for 45 mill. kroner til etterinstallering av sju heisar i bygg med 452 bustader. Husbanken har prioritert søknader frå sameigar og burettslag kor ein stor del av bebuarane er over 60 år. Husbanken gav òg tilsegn om tilskot til prosjektering av ni heisar i bygg med 247 bustader. Vidare gav Husbanken tilsegn om tilskot for 8,5 mill. kroner til tilstandsvurdering av bygg med 8 288 bustader. Det er ein auke på 3,7 mill. kroner og 1 800 bustader frå 2021.
Ordninga vart avvikla i statsbudsjettet for 2023. Husbanken har derfor ikkje gitt tilsegn om tilskot til heis og tilstandsvurdering i 2023.
Budsjettforslag for 2024
Ordninga har hatt ein treårig utbetalingsprofil, og det vil vere utbetalingar av tilskot til heis i 2024 som er knytte til tilsegn som Husbanken gav i 2022. Det blir foreslått å løyve 27,8 mill. kroner.
Kap. 585 Husleigetvistutvalet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 37 082 | 37 754 | 40 150 |
Sum kap. 585 | 37 082 | 37 754 | 40 150 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn til tilsette, godtgjersle til utvalsmedlemar, husleige og andre faste driftsutgifter for Husleigetvistutvalet (HTU). HTU har kontor i Bergen, Trondheim og Oslo.
Rapport
I 2022 fekk HTU inn 3 169 saker, ein auke på om lag 55 pst. frå 2021 då talet på saker var 2 047. Saksinngangen har fortsett å auke, og i første halvdel av 2023 fekk HTU inn om lag 1 898 saker. Moglege forklaringar på auken i saksinngangen er at verkeområdet til HTU vart utvida til heile landet med verknad frå 1. september 2021, samstundes som at etterspørselen i leigemarknaden er høg, leigeprisane har auka og det er mykje mediemerksemd rundt leigemarknaden.
HTU gjennomførte 260 meklingar og det vart inngått 217 forlik i 2022. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid frå saksbehandlingsgebyret var betalt til saken vart avslutta i HTU ved forlik eller vedtak, var på 76 dagar i 2022. Den interne saksbehandlingstida, frå saka var tilstrekkeleg opplyst til avgjerd låg føre, var 22 dagar i 2022.
I 2022 og første halvår av 2023 har hovudprioriteringa til HTU vore å halde saksbehandlingstida nede, oppretthalde kvaliteten i saksbehandlinga og gjere HTU sine tenester kjent over heile landet. I dette arbeidet har digitalisering av verksemda vore avgjerande, og HTU har fortsett den digitale utviklinga for å gjere saksbehandlinga og dialogen med brukarane enda betre.
HTU har gjennomført ulike informasjonstiltak for å gjere verksemda meir synleg. HTU erfarer at det er eit stort informasjonsbehov i leigemarknaden. Verksemda fekk totalt om lag 9 100 telefonførespurnader i 2022, og om lag 3 700 var generelle førespurnader. Det har vore auka pågang på nettsidene til HTU. I 2022 lanserte HTU ei ny publiseringsløysing på Lovdata, kor HTU sine vedtak er tilgjengelege utan kostnad for brukarane. Løysinga gir alle moglegheit til lik tilgang på eit breitt utval av HTU sine avgjersler. Publiseringa omfattar per juli 2023 over 4 100 avgjersler tilbake til 2010.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
HTU skal ha ei tvisteløysing med kort saksbehandlingstid, låge saksbehandlingskostnader og god kompetanse innanfor saksområdet òg i 2024. I tillegg skal HTU fortsette arbeidet med å gjere tvisteløysingstilbodet betre kjent i heile landet.
Saksinngangen til HTU er venta å fortsette å auke i 2024. Fleire sakar inneber ein auke i gebyrinntekter på kap. 3585, post 01 på 428 000 kroner. Det blir foreslått å auke driftsposten tilsvarande auken i gebyrinntektene.
Samla blir det foreslått å løyve 40,2 mill. kroner. Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3585, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 3585 Husleigetvistutvalet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Gebyr | 2 692 | 2 736 | 3 271 |
Sum kap. 3585 | 2 692 | 2 736 | 3 271 |
Post 01 Gebyr
Posten omfattar gebyrinntekter for behandling av klager i HTU. Det er forventa ein saksinngang på 4 100 saker i 2024. Saksbehandlingsgebyret er 0,2 gonger rettsgebyret når ei klage blir fremja av ein leigetakar. Når ei klage blir fremja av ein utleigar, er gebyret lik rettsgebyret.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 428 000 kroner som følgje av auka forventa saksinngang frå 2023, jf. kap. 585, post 01.
Det blir foreslått å løyve 3,3 mill. kroner.
Kap. 587 Direktoratet for byggkvalitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 104 922 | 110 902 | 127 708 |
22 | Kunnskapsutvikling og informasjonsformidling, kan overførast | 46 056 | 39 130 | 36 370 |
Sum kap. 587 | 150 978 | 150 032 | 164 078 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn, husleige og andre faste utgifter for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Direktoratet har kontor i Oslo og Gjøvik. Posten dekker òg drift av den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett. Ordninga er sjølvfinansierande jf. kap. 3587, post 04.
Rapport
DiBK har i 2022 prioritert arbeidet med å utvikle bygningsregelverket, digitalisere regelverket, utvikle digital rettleiing, og formidle kunnskap retta mot byggenæringa, kommunane og privatpersonar.
Direktoratet fører marknadstilsyn med byggevarer for å sikre at produsentar, importørar og distributørar oppfyller krava til korrekt dokumentasjon av eigenskapane til produkta. I 2022 gjennomførte DiBK tilsyn med 344 ulike produkt, som var omsette av 96 aktørar.
Direktoratet førte tilsyn med føretaka som er med i ordninga for sentral godkjenning for ansvarsrett. I 2022 gjennomførte DiBK 672 dokumenttilsyn og 187 stadlege tilsyn.
Direktoratet er medlem av og sekretariat for samordningsrådet for digitalisering. I samordningsrådet samarbeider myndigheitene og næringa for å legge til rette for effektive prosjekterings- og byggeprosessar, berekraftig forbruk og ombruk gjennom digitalisering. I 2022 starta fleire pilotprosjekt som utforskar samhandling gjennom og på tvers av etablerte verdikjeder.
For å redusere bruken av konsulentar og styrkje den interne kompetansen i DiBK, vart det i statsbudsjettet for 2023 omdisponert 7 mill. kroner frå kap. 587, post 22 til kap. 587, post 01. Midlane skal gå til å styrkje DiBK sin interne kompetanse på prosess- og prosjektleiing, utgreiingsoppdrag og regelverksutvikling.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
DiBK skal fremje berekraftig byggeverksemd. Det inneber mellom anna å stimulere næringa i ei meir sirkulær retning, til dømes gjennom ombruk av byggevarer og god flyt av digital produktinformasjon. DiBK skal vere ein pådrivar for digitalisering av regelverket og plan- og byggesaksprosessane, og foreslå forenklingar og utvikling av byggereglane.
Det blir foreslått å omdisponere ytterlegare 3 mill. kroner frå kap. 587, post 22 til kap. 587, post 01 for å vri ressursbruken frå bruk av konsulentar til interne ressursar.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7,8 mill. kroner, tilsvarande auken i gebyrinntektene på kap. 3587, post 04.
Samla blir det foreslått å løyve 127,7 mill. kroner. Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3587, post 04, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 22 Kunnskapsutvikling og informasjonsformidling, kan overførast
Posten skal bidra til kunnskapsutvikling og formidling av informasjon om bygningspolitiske tema og finansiere utgreiingar og samhandlings- og kommunikasjonsaktivitetar.
Rapport
I 2022 heldt DiBK fram med utviklinga av tenesteplattforma Fellestenester Bygg som kontrollerer og sender inn byggesøknader til rett kommune. Godt over 50 pst. av alle profesjonelle søknader og 80 pst. av alle rammesøknader vart sende gjennom systemet i 2022. Om lag 75 pst. av kommunane har skaffa e-byggesak til saksbehandlinga si. Når stadig fleire brukar dei digitale søknadsverktøya, oppnår ein forenkling og effektivisering for bransjen, betre kvalitet i bygginga og meir likebehandling landet rundt.
DiBK har utvikla strategien «Byggeregler for fremtiden» som blir førande for direktoratet sitt arbeid med å vidareutvikle byggteknisk forskrift. Målet er at det skal bli enklare å forstå når eit krav gjeld, kva kravet inneber og når kravet er oppfylt. Arbeidet vil gi langsiktige gevinstar som bidrar til å nå målet om effektive og digitale byggeprosessar.
DiBK har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag om klimagassutslepp frå bygging, og har henta inn utrekningar frå Multiconsult. Rapporten frå Multiconsult viser at det er størst utslepp knytt til produksjon av materiale og oppføring av bygg, og at det er mogleg å redusere klimagassutslepp frå bygningsmateriale noko utan å auke byggekostnadene. Rapporten viser òg at ulike utrekningsverktøy gir ulike svar, og at nivået for klimagassutslepp varierer usystematisk mellom verktøy og bygningskategoriar.
DiBK har vurdert om krava til brannsikkerheit for utvendige kledningar er på rett nivå. Testar, forskingsrapportar og innspel frå fagmiljø tilseier at dagens nivå er formålstenleg og oppfyller dei krava vi som samfunn må ha for å sikre liv, helse og materielle verdiar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I åra framover vil det vere ei viktig oppgåve for DiBK å legge til rette for berekraftig byggeverksemd. Klimagassutsleppa frå bygging må ned, og direktoratet skal ha dialog med byggenæringa om dette. Direktoratet skal òg greie ut energikrava til bygg med sikte på auka energieffektivitet, meir energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.
Samfunnet må forhalde seg til flaum, skred og naturfarar. Auka kartlegging dei seinare åra har avdekka stadig fleire fareområde og har auka medvitet om natufarar. DiBK skal, saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Direktoratet for samfunnssikkerhheit og beredskap (DSB), greie ut og foreslå endringar i krava til sikkerheit mot naturfarar i byggereglane. Eit mål for arbeidet er i større grad å legge til rette for å oppretthalde verdiskaping, utvikling og levedyktige lokalsamfunn.
For å sikre forsvarleg byggkvalitet, er det viktig at byggereglane blir følgt. DiBK skal greie ut moglege endringar i krava til kontroll og tilsyn i byggesaker, og vurdere endringar i kvalifikasjonskrava til aktørane i byggeprosessen.
DiBK skal bidra til at byggesaksprosessen blir heildigital, utvikle kunnskap og formidle informasjon. Det inneber mellom anna å greie ut konsekvensar av nytt og endra regelverk, og å rettleie næringa og publikum. Dette skal gi enklare byggereglar, auka kunnskap om bygningsmassen og auka etterleving av regelverket.
Som eit resultat av strenge prioriteringar, foreslår regjeringa å avvikle statens pris for byggkvalitet og kutte i midlane til oppfølging av Bygg21. Samla gir dette ei innsparing på 2,15 mill. kroner.
Det blir foreslått å omdisponere 3 mill. kroner frå kap. 587, post 22 til kap. 587, post 01 for å vri ressursbruken frå bruk av konsulentar til interne ressursar. Samla blir det foreslått å løyve 36,4 mill. kroner.
Kap. 3587 Direktoratet for byggkvalitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Diverse inntekter | 159 | ||
04 | Gebyr | 37 238 | 34 875 | 42 705 |
85 | Diverse inntekter | 115 | 115 | |
Sum kap. 3587 | 37 397 | 34 990 | 42 820 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene på posten bør bli ført i postgruppe 85-89. I 2023 vart midlane derfor overført til post 85.
Post 04 Gebyr
Posten omfattar gebyrinntekter frå den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett. Ordninga er sjølvfinansierande, jf. omtale under kap. 587, post 01. Det er venta at om lag 11 700 betalande føretak er registrert i ordninga i 2024. Dette er ein auke på 450 føretak frå 2023.
For sentral godkjenning for ansvarsrett skal det betalast eit gebyr som skal dekke kostnadene knytt til den sentrale godkjenningsordninga. Gebyret er fastsett i forskrift av 29. juni 2009 nr. 989 Gebyrregulativ for sentral godkjenning av føretak for ansvarsrett etter forskrift om byggesak § 13-8, jf. plan- og bygningsloven § 22-5 første ledd (Gebyrregulativ for ansvarsgodkjennelse) § 1. Gebyret er ikkje justert sidan 2015, trass i den betydelege løns- og prisveksten. Frå 1. januar 2024, aukar kommunal- og distriktsdepartementet årsgebyret for sentral godkjenning frå 3 100 kroner til 3 650 kroner. Gebyrauken inneber isolert sett at gebyrinntektene på posten aukar med 6,4 mill. kroner i 2024.
Samla blir det foreslått ein auke i gebyrinntektene på 7,8 mill. kroner til 42,7 mill. kroner. Ein auke av anslaget for gebyrinntekter inneber ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 587, post 01.
Post 85 Diverse inntekter
Posten omfattar inntekter frå tvangsmulkt og lovbrotsgebyr som DiBK gir dersom produkt blir omset eller brukt til byggverk som ikkje er i tråd med krava i plan- og bygningslovgivinga. Posten omfattar òg inntekter frå lovbrotsgebyr for misbruk av logo og innsending av uriktig informasjon i samband med sentral godkjenning.
Det blir foreslått å løyve 115 000 kroner.
Kap. 2412 Husbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 359 833 | 360 661 | 382 678 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 14 750 | 11 810 | 12 431 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 69 972 | 63 528 | 83 730 |
71 | Tap på lån | 8 037 | 27 000 | 30 100 |
72 | Rentestøtte | 1 149 | 800 | 400 |
90 | Nye lån, overslagsløyving | 20 356 304 | 20 807 000 | 22 882 000 |
Sum kap. 2412 | 20 810 045 | 21 270 799 | 23 391 339 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn, husleige og andre faste utgifter til drift for Husbanken. Husbanken har kontor i Drammen, Hammerfest, Bodø, Trondheim, Bergen, Arendal og Oslo.
Rapport
Digitalisering er eit viktig satsingsområde for Husbanken. Kostnadene til drift og vedlikehald av digitale løysingar har auka dei siste åra og er forventa å auke òg i tida framover. Husbanken har i 2022 hatt fokus på å tilsetje personar med digital kompetanse framfor å kjøpe konsulenttenester.
Det har i 2022 vore avgjerande med ei stram budsjettstyring mellom anna for å frigjere midlar frå drift til nødvendige utviklingstiltak i 2023. Det vart omdisponert 4,9 mill. kroner frå post 01 til post 45 og det vart overført 7,4 mill. kroner på posten til 2023.
Husbanken har arbeidd med fleire tiltak på energiområdet i 2022. Det var fleire ekstraordinære utbetalingar av bustøtte på grunn av høge straumprisar, sjå omtale under kap. 581, post 70. Husbanken har òg fått på plass det nye tilskotet for energitiltak i kommunalt eigde bustader, sjå omtale under kap. 581, post 60.
Busetting av flyktningar har prega bustadarbeidet i kommunane i 2022 og så langt i 2023. Husbanken har i same periode støtta kommunar med økonomiske verkemiddel, råd og rettleiing om korleis dei kan skaffe fleire bustader til flyktningar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Husbanken skal vere ein støttespelar for kommunane, frivillig sektor og andre som støttar opp om måla for den sosiale bustadpolitikken og målet om eigna bustader i heile landet. Arbeidet med å busette flyktningar vil ha ei særleg høg prioritet i 2024. Husbanken skal vidareutvikle si faglege rolle, og sørgje for sikker og effektiv forvalting av økonomiske ordningar, som bustøtte, lån og tilskot. Husbanken vil òg få ei rolle i oppfølginga av distriktsmeldinga, jf. Meld. St. 27 (2022–2023), eldrebustadprogrammet i Bu trygt heime-reforma, jf. Meld. St. 24 (2022–2023) og levekårsmeldinga, jf. Meld. St. 28 (2022–2023).
Regjeringa foreslår å opprette ei ny rentekompensasjonsordning for skulebygg frå 1. juli 2024, jf. kap. 225, post 61 under Kunnskapsdepartementet sitt budsjettområde. Husbanken skal forvalte ordninga. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å løyve 382,7 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Husbanken skal bruke løyvinga til forsking, utvikling og formidling av kunnskap som støttar opp om målet om eigna bustader i heile landet.
Rapport
I 2022 finansierte Husbanken tolv eksterne analysar, utgreiingar og evalueringar over posten. I tillegg kom utviklingsprosjekt, datakjøp og mindre oppdrag. Oppdraga har vore retta inn mot dei prioriterte måla i nasjonal strategi for den sosiale bustadpolitikken, «Alle trenger et trygt hjem».
Husbanken sette i gang arbeid med og innhenta fleire rapportar om endringar i Husbanken og kommunane sine føresetnader for å drive bustadsosialt arbeid. Dette gjeld til dømes oppdrag knytt til renteendringar, auka byggekostnader og uvisse i bustadmarknaden, kunnskapsgrunnlag for tilskot til høge straumutgifter og arbeidet i kommunane med busetting av flyktningar frå Ukraina. Husbanken har òg evaluert ordninga med tilskot til utleigebustader.
Så langt i 2023 har Husbanken mellom anna involvert fleire forskingsmiljø i eit arbeid med å sjå på Husbanken sine økonomiske verkemiddel i lys av endringar i eksterne forhold, og tiltak og vegval etter avslutta strategiperiode. Husbanken har òg sett ut eit oppdrag om betydninga av studentbustader for leigemarknaden og tilgangen på bustader for mellom anna vanskelegstilte.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Husbanken skal ha ei nasjonal kunnskapsrolle på det bustadsosiale feltet. Det inneber at Husbanken skal ha kunnskap om kven som står i fare for å kome i ein vanskeleg situasjon på bustadmarknaden og kven som allereie har store bustadutfordringar. I tillegg skal Husbanken styrkje kunnskapen om geografiske forskjellar og effektane av ulike verkemiddel og tiltak.
Det blir foreslått å løyve 12,4 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Husbanken brukar løyvinga på posten til større anskaffingar av utstyr og vedlikehald, mellom anna på IKT-området. Posten kan òg dekke løn til tilsette når Husbanken utfører vedlikehald og ombyggingar i eigen regi.
Rapport
Husbanken har i 2022 og første halvdel av 2023 hatt to store digitaliseringsprosjekt: Nytt låneforvaltningssystem innanfor moderniseringsprogrammet til Husbanken og Digitale løysingar for kommunalt disponerte utleigebustader (Kobo). Dette er store utviklingsprosjekt som går over fleire år, med årlege løyvingar.
Utviklinga av nytt låneforvaltingssystem er godt i gang, men det har vore vesentlege forseinkingar og auka kostnader i prosjektgjennomføringa, i hovudsak som følgje av koronapandemien. Husbanken har tett oppfølging av leverandøren og har styrkja bemanninga i prosjektet.
Grunnfunksjonalitet for tildeling av utleigebustader i Kobo vart utvikla i 2021, og i 2022 vart det jobba med vidare utvikling av elektronisk søknad og sjølvbetening til privatpersonar, forbetringar av fagsystem og innføring av nye kommunar. I 2023 er målet at Kobo skal levere statistikk- og analysefunksjonalitet for kommune og stat og at alle Kobo-produkta blir tatt i bruk. Det var 70 kommunar som hadde tatt i bruk Kobo per juli 2023, og Husbanken sin ambisjon er at over 100 kommunar skal ha tatt det i bruk i slutten av året.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Husbanken skal sørgje for vedlikehald og sikker drift av systema sine, og fortsette å vidareutvikle dei digitale tenestene i 2024. Gode digitale løysingar bidrar til å forenkle og forbetre saksbehandlinga i kommunane og Husbanken, og det gir betre oversikt over den bustadsosiale situasjonen. I 2024 skal Husbanken fortsette med å gjere Kobo kjent for kommunane slik at dei kan ta i bruk tenestene, og leigetakarane kan søkje om bustad og få behandla søknaden enkelt og raskt i eit digitalt system.
Regjeringa foreslår å opprette ei ny rentekompensasjonsordning for skulebygg, jf. kap. 225, post 61 under Kunnskapsdepartementet sitt budsjettområde. Husbanken skal forvalte ordninga og har behov for å utvikle nye system til dette. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å løyve 83,7 mill. kroner.
Post 71 Tap på lån
Posten omfattar statens brutto tap på utlånsverksemda til Husbanken.
Ved utgangen av 2022 forvalta Husbanken ein samla låneportefølje på om lag 169 mrd. kroner. Tapa på utlånsverksemda i Husbanken er låge, og utgjorde 0,005 pst. av uteståande lån i 2022. Brutto tap var 8 mill. kroner.
Tapa på lånegjeld (hovudstol) fordelte seg med 6,7 mill. kroner på startlån og 1,3 mill. kroner på resten av låneordningane. Tilbakeførte restkrav var 3,5 mill. kroner i 2022. Samla netto tap var 4,5 mill. kroner, mot 21 mill. kroner i 2021. Reduksjonen i tap i fjor blir forklart med at det i 2022 ikkje var enkeltsaker med større tap, slik tilfellet var i perioden 2019–2021. Husbanken har dei siste åra sett i verk fleire tiltak for å redusere risikoen for tap på nye lån og den totale tapsrisikoen.
I tillegg til tapa som staten dekker, dekker òg kommunane tap på startlån. Kommunane førte tap på 21,2 mill. kroner på startlån i 2022. I 2023 er brutto tap anslått til 27 mill. kroner
Tapsanslaga blir berekna ut frå gjennomsnittlege tap dei siste fem åra og storleiken på utlånsporteføljen. Fordi låneporteføljen aukar år for år, blir det anslått ein auke i brutto tap frå 2023 til 2024.
Det blir foreslått å løyve 30,1 mill. kroner.
Post 72 Rentestøtte
Posten omfattar rentestøtte som følgje av at eldre lån med særvilkår har eitt prosentpoeng lågare rente enn ordinære lån. Husbanken gav slike lån fram til og med 1996.
I 2022 førte Husbanken rekneskap for 1,15 mill. kroner på posten. Restgjelda for låna med særvilkår var per 31. desember 2022 på om lag 95 mill. kroner, mot 150 mill. kroner året før.
Det blir foreslått å løyve 0,4 mill. kroner.
Post 90 Nye lån, overslagsløyving
Løyvinga dekker utbetaling av nye lån, i tillegg til berekna, opptente, ikkje betalte renter på låna.
Lån frå Husbanken skal vere eit supplement til dei private kredittinstitusjonane, og bidra til å nå bustadpolitiske mål som elles ikkje ville blitt nådd. Husbanken gir følgjande lån:
Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han.
Lån til utleigebustader skal bidra til fleire eigna utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Lån til bustadkvalitet skal bidra til enten fleire miljøvenlege bustader, eller bustader med betre tilgjengelegheit enn det som elles ville blitt bygd.
Lån til studentbustader skal bidra til eit rimeleg og føreseieleg butilbod for studentar.
Rapport
I 2022 var låneramma 21 mrd. kroner. Husbanken gav tilsegn for om lag heile låneramma i 2022. I saldert budsjett for 2023 vart låneramma på 21 mrd. kroner vidareført. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, vart låneramma mellombels auka med 3 mrd. kroner, slik at låneramma for 2023 er 24 mrd. kroner. Av denne auken skal 2,5 mrd. kroner gå til lån til bustadkvalitet og 0,5 mrd. kroner skal gå til lån til studentbustader.
Startlån: I 2022 gav Husbanken tilsegn om startlån for 15,3 mrd. kroner til kommunane. Kommunane gav i sin tur startlån for 16 mrd. kroner til 7 897 husstandar. Gjennomsnittleg startlån var 2 mill. kroner, og 60 pst. av startlåna i 2022 gjekk til barnefamiliar. Ved utgangen av juli 2023 har kommunane betalt ut startlån for 9 mrd. kroner til 4 263 husstandar.
Lån til utleigebustader: I 2022 gav Husbanken tilsegn om lån for 762 mill. kroner. Det innebar oppføring og kjøp av 257 utleigebustader. Kommunane kan disponere 113 av dei. Ved utgangen av juli 2023 har Husbanken gitt tilsegn om lån for 441,3 mill. kroner til 165 utleigebustader.
Lån til bustadkvalitet: I 2022 gav Husbanken tilsegn om lån til 1 045 nye bustader for 3,22 mrd. kroner, 898 miljøvenlege bustader og 147 livsløpsbustader. Husbanken gav òg lån til oppgradering av eksisterande bustader for 360 mill. kroner. Av dei 477 bustadene som fekk lån til oppgradering, tilfredsstilte 96 pst. krava til både energi og tilgjengelegheit. Éin pst. av bustadene tilfredsstilte berre krava til tilgjengelegheit og tre pst. tilfredsstilte berre krava til energi, Ved utgangen av juli 2023 har Husbanken gitt tilsegn om lån til bustadkvalitet for 3,6 mrd. kroner til 1 079 bustader.
Lån til studentbustader: I 2022 gav Husbanken tilsegn om 1,31 mrd. kroner til oppføring av 1 712 studentbustader. Ved utgangen av juli 2023 har Husbanken gitt tilsegn om lån for 41,5 mill. kroner til 66 studentbustader.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Regjeringa foreslår å auke låneramma med 3 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023, til 24 mrd. kroner i 2024, jf. forslag til romartalsvedtak. Auken i låneramma skal mellom anna bidra til at fleire kan eige sin eigen bustad, og til fleire eigna bustader i heile landet. Dette aukar behovet for løyving med 1,1 mrd. kroner.
Innanfor gjeldande ramme skal Husbanken prioritere etter denne rekkefølgja:
Startlån. Innanfor startlån skal kommunane prioritere barnefamiliar og personar med utviklingshemming
Lån til utleigebustader til vanskelegstilte
Lån til bustadkvalitet
Lån til studentbustader
Husbanken kan gjere unntak frå reglane for lånegrad i område av landet der private kredittinstitusjonar i liten grad finansierer nybygging. Husbanken kan prioritere inntil 1 mrd. kroner av låneramma til lån til bustadkvalitet og lån til utleigebustader i distriktskommunar i klasse 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå.
Husbanken betalar i hovudsak ut startlån det året tilsegn er gitt, mens dei andre låna blir betalte ut over fleire år. Som følgje av auka låneramme i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 og endeleg fordeling mellom startlån og andre lån i 2022 og tidlegare år, aukar behovet for løyving med 942 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å løyve 22,9 mrd. kroner.
Kap. 5312 Husbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Gebyr m.m. | 7 841 | 8 000 | 6 890 |
11 | Diverse inntekter | 78 273 | 92 700 | 86 652 |
90 | Avdrag | 14 368 444 | 13 893 000 | 14 639 000 |
Sum kap. 5312 | 14 454 558 | 13 993 700 | 14 732 542 |
Post 01 Gebyr m.m.
På posten blir det ført inntekter frå etableringsgebyr, termingebyr, varslingsgebyr og tilkjende sakskostnader i misleghaldsaker med fleire. Kundane kan velje mellom to, fire eller tolv terminar i året, mellom papirbaserte og elektroniske søknader og om dei vil ha varsel om terminforfall.
I 2022 var gebyrinntektene om lag 7,8 mill. kroner. Av dette kom 250 000 kroner frå etableringsgebyr, 7,2 mill. kroner frå forvaltningsgebyr, 422 000 kroner frå varslingsgebyr og 7 000 kroner frå andre gebyr knytt til forvaltning av lån. Dette er litt lågare enn i 2021.
Ved utgangen av 2022 forvalta Husbanken om lag 30 300 lån, mot 33 600 på same tidspunkt året før. Det blir lagt til grunn at talet på lån i utlånsporteføljen vil vere mindre i 2024, noko som vil gje lågare gebyrinntekter. Regjeringa foreslår derfor å justere ned løyvinga med 1,1 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 6,9 mill. kroner.
Post 11 Diverse inntekter
På posten blir det ført diverse inntekter, som mellom anna tilbakebetaling av rettsstridig utbetalt bustøtte og andre tilskot, tilbakeførte restkrav frå startlån og restkrav i særskilde og kompliserte tapssaker, såkalla spesialengasjementsaker.
I 2022 vart det inntektsført 78,3 mill. kroner, som i hovudsak består av bustøtte og andre tilskot som er betalte tilbake.
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, hovudsakeleg på grunn av ein anslått reduksjon i krav om tilbakebetaling av rettsstridig utbetalt bustøtte i 2024.
Det blir foreslått å løyve 86,7 mill. kroner.
Post 90 Avdrag
Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag og andre innbetalingar, tilbakebetaling av opptente, ikkje betalte renter og tap.
I 2022 vart det inntektsført 14,4 mrd. kroner. Av dette var om lag 7,7 mrd. kroner ordinære innbetalingar, 6,4 mrd. kroner var ekstraordinære innbetalingar, og 336 mill. kroner var tilbakebetaling, av opptente, ikkje betalte renter og tap.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 738 mill. kroner som følgje av at ordinære avdrag i 2022 var høgare enn tidlegare anslått, og som følgje av at låneramma vart auka med 3 mrd. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023.
Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 8 mill. kroner som følgje av forslaget om å vidareføre den auka låneramma på 24 mrd. kroner i 2024.
Samla blir det foreslått å løyve 14,6 mrd. kroner.
Kap. 5615 Husbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
80 | Renter | 2 014 222 | 5 244 000 | 5 581 000 |
Sum kap. 5615 | 2 014 222 | 5 244 000 | 5 581 000 |
Post 80 Renter
Posten omfattar betalte renter på lån, opptente ikkje betalte renter og rentestøtte, jf. kap. 2412 Husbanken, post 72 Rentestøtte. Husbanken tilbyr lån med flytande og faste renter med bindingstid på 3, 5, 10 eller 20 år. Gjennomsnittleg utlånsrente for låneporteføljen var 1,59 pst. i 2022, mot 1,25 pst. i 2021. Ved utgangen av 2022 var restgjelda for lån med avtalar om fast rente 52,2 mrd. kroner, og utgjorde 31 pst. av samla utlån.
Det vart inntektsført 2 mrd. kroner på posten i 2022, og i 2023 er forventa renteinntekt på 5,2 mrd. kroner. Som følgje av høgare renteføresetnader og auken i låneramma i 2023, aukar behovet for løyving med 319 mill. kroner for 2024. Forslaget om å vidareføre den auka låneramma på 24 mrd. kroner i 2024, aukar behovet for løyving med ytterlegare 18 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å løyve 5,6 mrd. kroner.
Programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata
Utgifter under programkategori 13.90 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
590 | Planlegging og byutvikling | 163 784 | 178 525 | 224 047 | 25,5 |
595 | Statens kartverk | 1 220 877 | 1 160 394 | 1 359 584 | 17,2 |
Sum kategori 13.90 | 1 384 661 | 1 338 919 | 1 583 631 | 18,3 |
Inntekter under programkategori 13.90 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
3595 | Statens kartverk | 819 701 | 789 422 | 831 245 | 5,3 |
5635 | Electronic Chart Centre AS | 5 107 | 3 000 | 100,0 | |
Sum kategori 13.90 | 824 808 | 789 422 | 834 245 | 5,7 |
Innleiing
Kommunal- og distriktsdepartementet skal legge til rette for busetting og verdiskaping i heile landet. Departementet har ansvaret for at landet har ein heilskapleg, framtidsretta og samordna arealpolitikk. Ansvaret omfattar både forvaltings- og utviklingsoppgåver. Departementet skal legge til rette for gode og effektive planprosessar, og for betre samspel mellom forvaltingsnivåa på tvers av administrative grenser og ulike sektorar. Utvikling og formidling av nasjonale mål og interesser i planlegginga er ein del av dette ansvaret.
Kommunane har hovudansvaret for å finne heilskaplege og gode løysingar i samfunns- og arealplanlegginga ut frå lokale forhold og prioriteringar, samstundes som nasjonale og viktige regionale interesser blir varetatt. Eit aktivt planarbeid er avgjerande for god samfunns- og arealutvikling. For at kommunane skal vere i stand til å utføre planoppgåvene sine på ei tilfredsstillande måte, treng dei eit godt kunnskapsgrunnlag og gode verktøy. Fylkeskommunane har ansvar for å rettleie og hjelpe kommunane i samfunns- og arealplanlegginga, og kan bidra med eit regionalt kunnskapsgrunnlag. Statlege styresmakter skal bidra med oppdatert kunnskap på fagområda sine ved å delta i planprosessane, i form av generell planrettleiing og ved å legge til rette og kvalitetssikre data i den nasjonale geografiske infrastrukturen. Når dei deltar i planprosessane, skal styresmaktene gi tidlege og tydelege signal om viktige interesser og omsyn.
Departementet legg til rette for kompetansebygging i små og store kommunar, mellom anna gjennom å utvikle og gjere tilgjengeleg digitale verktøy til bruk i planlegginga. Departementet samarbeider med fylkeskommunane, byane og byregionane om ei berekraftig by- og tettstadsutvikling.
Departementet forvaltar og utviklar lover og forskrifter om planlegging og konsekvensutgreiing. Plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter legg rammene for samfunns- og arealplanlegginga i Noreg, saman med kart- og planforskrifta og forskrift om konsekvensutgreiing. God rettleiing om plansystemet er ein viktig del av departementet sitt ansvar.
Regjeringa sine viktigaste prioriteringar for samfunns- og arealplanlegging blir uttrykte gjennom nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, som sist vart lagt fram i juni 2023. Med heimel i plan- og bygningslova blir det òg utarbeidd statlege planretningslinjer for viktige temaområde.
Kommunale, regionale og statlege oppgåver og interesser innanfor samfunns- og arealplanlegging skal samordnast i planprosessane, og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av areal og ressursar. Ansvaret for plan- og bygningslova omfattar òg forvaltingsoppgåver etter lova sine forskrifter om planlegging og konsekvensutgreiing for planar. For omtale av lova sin bygningsdel blir det vist til programkategori 13.80.
Kommunale plansaker med motsegner som ikkje har blitt løyste lokalt, og regionale planar der det har kome innvendingar, blir behandla og avgjorde i departementet. Når viktige statlege, regionale eller andre samfunnsmessige omsyn tilseier det, kan staten ved departementet utarbeide reguleringsplan eller arealdel til kommuneplanen.
Departementet forvaltar avtaler med kommunar om områdesatsingar. Områdesatsingar er avtalebaserte samarbeid mellom staten og enkelte kommunar om felles ekstra innsats i befolkningstette område med konsentrasjon av levekårsutfordringar.
Staten sin kartpolitikk er departementet sitt ansvar. Ansvaret omfattar både kart, lovgjeving, forvalting og tilrettelegging innan fagområda geografiske data (geodata) og eigedomsinformasjon (matrikkel og tinglysing).
Departementet er etatsstyrar for Statens kartverk (Kartverket) og eigar av det statlege aksjeselskapet Electronic Chart Centre (ECC). Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og organiserer kartlegginga av Noregs land- og sjøareal. Kartverket skal legge til rette for bruk av dette kunnskapsgrunnlaget, mellom anna ved å sørgje for at det offentlege kartgrunnlaget er standardisert og tilgjengeleg for alle. Deling av data i samsvar med geodatalova skjer i samarbeid med sektorstyresmakter. Etaten har òg ansvaret for tinglysing av fast eigedom og burett, og for å forvalte matrikkelen i samarbeid med kommunane. ECC leverer tenester til det internasjonale PRIMAR-samarbeidet, i form av drift og utvikling av ein global database for sjøkart. Selskapet er eit av to som leverer slike tenester i verda. Arbeidet legg grunnlag for ein sikker og effektiv sjøtransport gjennom forvalting og tilgjengeleggjering av autoriserte elektroniske navigasjonsdata.
Departementet har oppfølgingsansvaret for stiftinga Design og arkitektur Noreg (DOGA). DOGA skal fremje forståing, kunnskap og bruk av design og arkitektur i næringslivet, offentleg sektor og samfunnet elles.
Mål for programkategorien
Planlegging fremjar berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk
Eit velfungerande plansystem fremjar effektivitet og kvalitet i planlegginga
Effektiv tilgang til oppdatert kart- og eigedomsinformasjon gir grunnlag for verdiskaping og utvikling
Mål 1 Planlegging fremjar berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk
Regjeringa vil fremje ei berekraftig og framtidsretta samfunnsutvikling og arealforvalting. Det skal leggast vekt på lokalt sjølvstyre i samfunns- og arealplanlegginga. Alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikle både små og store lokalsamfunn. Gode prosessar for samordning og medverknad av interessentar og andre styresmakter skal bidra til at regionale og nasjonale mål blir nådde.
Viktige omsyn er klimatilpassing og effektiv og berekraftig forvalting av landbruks-, natur-, frilufts- og sjøområde. Utvikling av energi-, natur- og ressursbaserte næringar krev eit godt kunnskapsgrunnlag og heilskaplege og overordna avklaringar for at arealforvaltinga skal vere berekraftig.
Attraktive og inkluderande lokalsamfunn med levande sentrum fremjar livskvalitet og verdiskaping, og regjeringa støttar opp om arbeid med å styrkje kvaliteten på arkitekturen og dei bygde omgivnadene. Områdesatsingar er eit verkemiddel for å gjere ein ekstra innsats for tenesteutvikling og betre nærmiljø i levekårsutsette område. Kunnskapsdeling gjennom nettverksarbeid, og styrka rettleiing for å auke plankompetansen, er viktige verkemiddel.
Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under mål 1 under kap. 590, postane 65 og 71, og kap. 500, postane 21 og 50.
Mål 2 Eit velfungerande plansystem fremjar effektivitet og kvalitet i planlegginga
Det er eit mål at heile landet har ei god og kunnskapsbasert samfunns- og arealplanlegging og effektive planprosessar. Heilskapleg og aktiv planlegging og redusert bruk av dispensasjonar krev ressursar og kompetanse i kommunane. Kommunar og fylkeskommunar må ha tilgang til oppdatert kunnskap som grunnlag for avgjerder. Døme på dette er statistikk om arealutvikling som grunnlag for verktøy som arealprofilar og arealrekneskap i planprosessar. Regjeringa har viktige funksjonar knytte til utvikling av lovverket, tilrettelegging og tilgjengeleggjering av arealstatistikk, kart og eigedomsdata, rettleiing og eit breitt spekter av andre kompetansetiltak.
Rettleiingar og rundskriv er avgjerande for å spreie kunnskap om god planlegging og nasjonal politikk og føringar. Regjeringa legg òg vekt på at informasjon og rettleiing skal vere brukartilpassa og digitalt tilgjengeleg.
Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under mål 2 under kap. 590, post 81, kap. 595, og kap. 500, postane 21 og 50.
Mål 3 Effektiv tilgang til oppdatert kart- og eigedomsinformasjon gir grunnlag for verdiskaping og utvikling
Regjeringa vil sørgje for at kart, geodata og eigedomsinformasjon med tilfredsstillande kvalitet, er tilgjengeleg for innsyn og nedlasting hos offentlege og private brukarar. Regjeringa vil betre sjølvbeteningsløysingane for offentlege kartdata, plandata og bygnings- og eigedomsinformasjon, legge til rette for meir bruk av digitale løysingar og skape eit enklare møte med ein døgnopen offentleg sektor. Matrikkelen er Noregs eigedomsregister og skal ha god kvalitet, og bidra til effektiv planlegging og forvalting over heile landet.
Deling av offentlege data er ein føresetnad for utvikling av samanhengande tenester på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Samstundes er det avgjerande at sikkerheita i løysingane varetar både samfunnssikkerheita og enkeltmennesket sitt personvern. For omtale av informasjonssikkerheit blir det vist til programkategori 13.40 forvaltingsutvikling, IT- og ekompolitikk.
Tilgang til kart- og eigedomsinformasjon er avhengig av godt samarbeid mellom ulike statsetatar, kommunar og næringslivet. Ein stor del av løyvinga til Kartverket er derfor finansiert av inntekter frå andre partar. Kartverket sitt arbeid er avhengig av gode samarbeidsformer for å sikre at Noreg framleis er verdsleiande på kart- og eigedomsinformasjon, og at desse dataane kjem innbyggarar og næringslivet til gode.
Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under mål 3 under kap. 595, kap. 5635 og kap. 500, post 21.
Berekraftsmåla
Regjeringa sitt arbeid med planlegging, stadutvikling og geodata er viktig for å nå fleire berekraftsmål. Samfunns- og arealplanlegging etter plan- og bygningslova er grunnleggande verktøy for å sikre ei berekraftig utvikling, ved å vurdere samanhengen mellom ulike omsyn, sikre kunnskapsbaserte avgjerder og legge til rette for samordning og samarbeid. Dette er sentralt for alle berekraftsmåla, og for at måla blir sett i samanheng.
Regjeringa sitt arbeid for å utjamne sosiale og geografiske forskjellar bidrar til å redusere fattigdom (mål 1), betre folkehelsa (mål 3) og til mindre ulikskap (mål 10). Regjeringa sine føringar for planlegging og arealbruk er òg viktig for mellom anna matsikkerheit (mål 2), å kjempe imot klimaendringane og konsekvensane av dei (mål 13), ansvarleg forbruk og produksjon (mål 12), livet i havet (mål 14) og livet på land (mål 15). Arbeidet for attraktive og inkluderande byar og tettstader bidrar til berekraftige byar og lokalsamfunn (mål 11).
Regjeringa forventar at alle forvaltingsnivå og sektorar legg berekraftsmåla til grunn for eiga planlegging og når dei medverkar i planprosessar. Ei utfordring i dei komande åra er å bidra til at òg kommunar med knappe planressursar kan ta måla i bruk på ein føremålstenleg måte. Gjennom lovendringar, retningslinjer, kunnskapsinnhenting og rettleiing legg regjeringa til rette for ei samfunns- og arealplanlegging som hjelper til å nå berekraftsmåla.
Kap. 590 Planlegging og byutvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
65 | Områdesatsing i byar, kan overførast | 86 890 | 102 390 | 152 650 |
71 | DOGA | 49 001 | 48 021 | 43 813 |
72 | Bustad- og områdeutvikling i byar, kan overførast | 20 807 | 20 863 | 20 870 |
81 | Kompetansetiltak, kan overførast | 7 086 | 7 251 | 6 714 |
Sum kap. 590 | 163 784 | 178 525 | 224 047 |
Post 65 Områdesatsing i byar, kan overførast
Mål og målgruppe for ordninga
I enkelte byar og område har staten og kommunane avtalebaserte langsiktige samarbeid om ekstra innsats i befolkningstette område med konsentrasjon av levekårsutfordringar – områdesatsingar.
Tilskotet skal bidra til å jamne ut sosiale skilnader ved at fleire bebuarar i område med særskilde levekårsutfordringar kan bli økonomisk sjølvstendige gjennom arbeid, og bli aktive deltakarar i lokalsamfunn og storsamfunn. Det skal òg bidra til varige forbetringar av tenester, og betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område.
Tilskotet støttar opp om mål 1 Planlegging fremjar berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk. Områdesatsingane støttar opp om fleire berekraftsmål, mellom anna mål 1 om å utrydde fattigdom, mål 10 om mindre ulikskap og mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn.
Kriteria som er relevante for å vurdere om måla for tilskotet er nådd er mellom anna:
om det er blitt betre fysiske kvalitetar og auka tryggleik og livskvalitet
om det er utvikla arbeidsformer og verkemiddel som bidrar til betre offentlege tenester tilpassa lokale behov, og gode bu-, oppvekst- og nærmiljø
om satsingane bidrar til å fremje deltaking og medverknad på ulike samfunnsarenaer
om det er betre kopling mellom overordna byutvikling og nærmiljøarbeid i områdesatsingane.
Kriterium for tildeling
Kommunar med avtale om områdesatsing får eit årleg tilskot i avtaleperioden, føresett årlege budsjettvedtak i Stortinget.
Etter kvart som eksisterande avtaleperiodar går ut blir det gjort ei individuell vurdering av om den enkelte avtale om områdesatsing skal forlengast.
Tilskota skal gå til å gjennomføre ein årleg handlingsplan for områdesatsinga. Handlingsplanen skal omfatte tiltak som bidrar til eit eller fleire av desse måla/innsatsane:
gode og trygge bu-, oppvekst- og nærmiljø og inkludering
å fremje deltaking og medverknad på ulike samfunnsarenaer
utvikle betre offentlege tenester
auka kvalitet i dei fysiske omgjevnadane og attraktive møteplassar
betre kopling mellom overordna byutvikling og det konkrete nærmiljøarbeidet
å førebygge utanforskap og kriminalitet
å stimulere til frivilligheit og sosialt entreprenørskap
omdømmebygging
Oppfølging og kontroll
Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar tilskotet og koordinerer innsatsen i områdesatsingar der fleire sektorar/departement deltar. Kommunane må levere årsrapportar og rekneskapsrapportar. Det blir gjennomført evalueringar av områdesatsingane.
Rapport
I 2022vart det løyvd om lag 87 mill. kroner, fordelt med 55,3 mill. kroner til Oslo, 10 mill. kroner til Bergen, 6 mill. kroner til Stavanger, 10,6 mill. til Drammen og om lag 5 mill. kroner til Trondheim.
Midlane har gått til tiltak for å ruste opp bu- og nærmiljø, aktivitetshus, parkar, møteplassar og aktivitetar, til å utvikle arenaer for sosialt entreprenørskap, til ulike integreringstiltak og ulike jobbtilbod for ungdom. Vidare har midlane gått til å utvikle betre tilpassa tenester, særleg på områda kvalifisering og sysselsetting, utdanning og oppvekst.
Tiltaka har bidratt til at fleire bebuarar deltar i lokale aktivitetar og at nærmiljøet har blitt tryggare og ein betre stad å bu og å vekse opp. Kommunane har mellom anna utvikla ulike fleirbrukshus med mange ulike aktivitetar som fungerer som attraktive møteplassar for barn, unge og vaksne. Fleire kommunar har òg samlokalisert fleire av tenestene sine i nærmiljøet. Mange av tiltaka er gjort i samarbeid med frivilligheita i utsette lokalområde. Kommunane rapporterer om at områdesatsingane har bidratt til at sosial berekraft og levekår har blitt ein viktigare del i arbeidet med overordna byutvikling enn tidlegare.
I saldert budsjett for 2023 vart det løyvd 102,4 mill. kroner fordelt på kommunane nemnde over og til nye avtaler. Departementet lyste ut tilskot til nye avtaler, og Fredrikstad, Sarpsborg og Kristiansand vart tildelt avtale. Løyvinga vart auka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 med 32,4 mill. kroner fordelt med 25 mill. kroner til sommarjobbar for unge og 5 mill. kroner til ein ny avtale om områdesatsing som Skien vart tildelt.
Regjeringa la i august fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
I 2024 skal løyvinga gå til byar og befolkningstette område som har konsentrasjon av levekårsutfordringar. Mottakarane av tilskotet er kommunar med avtaler om områdesatsing.
Til eksisterande avtaler blir det foreslått å løyve 57,6 mill. kroner til Oslo, 11,5 mill. kroner til Drammen, 11 mill. kroner til Bergen, 6,7 mill. kroner til Stavanger og 5,8 mill. kroner til Trondheim. Det blir vidare foreslått å løyve 5 mill. kroner kvar til Sarpsborg, Fredrikstad, Kristiansand og Skien.
For 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner til 7 nye avtalar, fordelt med 10 mill. kroner til Stavanger og 5 mill. kroner kvar til Trondheim, Tromsø, Halden, Larvik, Gjøvik og Indre Østfold. Desse syv kommunane saman med dei fire som fekk nye avtaler i 2023, er dei kommunane som søkte om tilskot i 2023.
Samla blir det foreslått å løyve 152,7 mill. kroner.
Som ein del av arbeidet med områdesatsingane vil departementet i 2024 sette av 3,5 mill. kroner til koordinering, utgreiingar, kunnskapsformidling og nettverksarbeid på kap. 500, post 21 Særskilde driftsutgifter. Regjeringa vil gå igjennom den statlege involveringa i områdesatsingane og vurdere om det er behov for å justere måla for områdesatsingane. Vidare vil regjeringa styrkje innsatsen for å spreie kunnskap og erfaringar frå områdesatsingane på tvers av kommunar, også til kommunar som ikkje har områdesatsingar i dag.
Det blir òg løyva midlar til områdesatsingar over kap. 590, post 72 og over andre departement sine budsjett. I 2024 blir det foreslått til saman om lag 259 mill. kroner til områdesatsingar over departementa sine budsjett, jf. tabell 5.10.
Tabell 5.10 Områdesatsingar – forslag til løyvingar i 2024
KDD | AID | HOD | KD | KLD | KUD | SUM | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Budsjett 2024 (mill. kr.) | Områdesatsing og bustad- og områdeutvikling i byar | Kvalifisering til arbeid, sosiale tenester, sosialt entreprenørskap, integrering | Føre- byggande og helsefremjande tenester og sosialt berekraftige bu- og nærmiljø | Oppvekst og utdanning, barnehage og skole | Blå-grøn infrastruktur | Frivilligheit, kunst og kultur, mv. | |
Oslo | 67,2 | 48,9 | 9,1 | 10,5 | 5 | 5 | 145,7 |
Bergen | 18,4 | 18,4 | |||||
Drammen | 11,5 | 1,1 | 12,6 | ||||
Trondheim | 8,8 | 8,8 | |||||
Fredrikstad | 5 | 5 | |||||
Kristiansand | 5 | 5 | |||||
Sarpsborg | 5 | 5 | |||||
Skien | 5 | 5 | |||||
Stavanger | 6,7 | 3 | 4 | 13,7 | |||
Nye avtaler i 20241 | 40 | 40 | |||||
SUM | 172,6 | 53 | 13,1 | 10,5 | 5 | 5 | 259,22 |
1 10 mill. kroner til Stavanger og 5 mill. kroner kvar til Trondheim, Tromsø, Halden, Larvik, Gjøvik og Indre Østfold.
2 I tillegg kjem 2,5 mill. kroner frå spelemidler til idrettsføremål, til tiltak som bidrar til fysisk aktivitet for barn og unge, og 37 mill. kroner til arbeid med kriminalitetsførebygging. Desse midlane går til Oslo.
Post 71 DOGA
Tilskotet går i sin heilskap til stiftinga Design og arkitektur Noreg (DOGA). DOGA skal være eit innovasjonsverktøy i næringslivet og offentleg sektor, og for berekraftig samfunnsutvikling, gjennom å auke kvaliteten på og bruken av design og arkitektur.
Mål for ordninga
DOGA er ein nasjonal verkemiddelaktør, som gjennom arkitektur og design arbeider særskild med innovasjon i offentleg og privat sektor. Hovudføremålet med tilskotet er å fremje berekraftig samfunns- og næringsutvikling. Verksemda skal støtte opp om berekraftsmåla og stimulere til auka samarbeid på tvers av fagområde, mellom offentlege aktørar og mellom offentlege og private aktørar.
Tilskotet skal gå til kunnskapsproduksjon, formidling, prosjektutvikling og samarbeid som fremjar samla verdiskaping og innovasjon i samfunnet i tråd med stiftinga sitt føremål. DOGA sin særskilde, tverrfaglege kompetanse skal bidra til endring, omstilling og innovasjon innanfor både offentleg og privat sektor. Det finst ikkje andre aktuelle mottakarar som oppfyller måla for ordninga.
DOGA skal gjennom si verksemd òg utløyse verksemds- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling i Noreg. Dette er i særleg grad knytt til tilskotet frå Nærings- og fiskeridepartementet, og føringar for dette tilskotet blir gitt gjennom eige tilskotsbrev.
Oppfølging og kontroll
DOGA skal rapportere om bruken av tilskotet gjennom tertialvise rapportar og årsrapportering. Rapporteringa skal innehalde ei vurdering og analyse av måloppnåinga for tilskotet basert på indikatorar, støttande analysar, evalueringar og annan tilgjengeleg informasjon. Måla og prioriteringane som gis i tilskotsbrev skal føljast opp gjennom styringsdialogen.
Rapport
DOGA fekk 73,4 mill. kroner i offentleg tilskot i 2022, av desse var 49 mill. kroner frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
DOGA bidrar til designdriven innovasjon og å fremje innovasjonskompetanse og -kultur i offentleg sektor for å auke innovasjonstakta. Saman med Digitaliseringsdirektoratet driv DOGA programmet Stimuleringsordningen for innovasjon og tjenestedesign (Stimulab). Ordninga legg til rette for innovasjon av offentlege tenester i samarbeid med markedet og stiller krav til at prosjekta skal utviklast gjennom designdrivne innovasjonsprosessar. Ordninga har i 2022 og 2023 mellom anna hatt som føremål å understøtte tillitsreforma. DOGA sin satsing på kompetanseutvikling og kurs i designdriven innovasjon bidrar til auka innsikt i innovasjonsarbeid. DOGA har saman med Digitaliseringsdirektoratet og Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) gitt innspel til departementet om nye roller, prosesser og strukturar som kan dekke manglar i dagens innovasjonssystem for offentleg sektor. DOGA har òg vært involvert i prosjekt om å skape meir innovasjon i distriktskommunar, saman med Distriktssenteret og departementet.
DOGA stimulerer til utvikling av meir berekraftige og attraktive byar, tettstader og lokalsamfunn over heile landet, ved bruk av arkitektur- og designmetodikk som verktøy for rettferdig og grøn omstilling. Gnist er eit innovasjonsprogram for kommunar i heile landet som vil jobbe på nye måtar med berekraftig stads- og næringsutvikling. I perioden 2020–2022 har 16 kommunar gjennomført programmet, med utviklingsprosjekt om mellom anna heilskapleg samfunnsplanlegging, framtidsretta bustadutvikling i distrikta og offentleg-privat samarbeid for sentrumsutvikling. I tillegg tilbyr DOGA det digitale kurset Gnist kompetanse innretta mot tilsette i kommunar og fylkeskommunar, der representantar frå ein av tre norske kommunar deltok i 2022. DOGA sitt innovasjonsprogram for arkitektur Fase null ser på strukturerte prosessar og nye innovasjonsverktøy i dei tidlegaste fasane av eit byggeprosjekt for å sikre god samfunnseffekt av investeringane i bygg. DOGA har bidratt i oppstarten av regjeringa sitt arbeid med bygdevekstavtaler, der utvalde distriktskommunar samarbeider om å utvikle avtaler som eit nytt distriktspolitisk verkemedel.
DOGA er eit nasjonalt kompetansemiljø for design og arkitektur. I 2023 har DOGA jobba strategisk med kompetanseutvikling og spreiing for å auke innsikt og effektar av design og arkitektur i innovasjonsprosessar, inkludert bruker- og innbyggarmedverking. DOGA sine priser og DOGA-merket for god design og arkitektur er ein viktig del av arbeidet.
For resultat på mål om auka konkurranseevne i næringslivet vises det til omtale under kap. 930, post 70 i Prop. 1 S (2023–2024) for Nærings- og fiskeridepartementet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
DOGA skal bidra til å styrkje innovasjons, utviklings- og plankompetansen til kommunane, fremje berekraftige og attraktive lokalsamfunn i heile landet og stimulere til samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Innsatsen skal mellom anna rettast mot utvikling og gjennomføring av DOGA sine innovasjonsprogram, og ved å jobbe målretta med kompetanseheving og erfaringsspreiing.
DOGA skal vidareutvikle samarbeidet med fylkeskommunar og kommunar, og deira kompetanse i bruk av design og arkitektur for å nå samfunnsmål. Arbeidet skal ses i lys av deira oppgåver med samfunns- og arealplanlegging og tenesteyting. Nye arbeidsformer skal stå sentralt, òg på tvers av forvaltningsnivå og der det er relevant.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6,4 mill. kroner som følgje av innsparing i tilskot til namngjevne tilskotsmottakarar. Samla blir det foreslått å løyve 43,8 mill. kroner.
I tillegg blir det foreslått å løyve 27,8 mill. kroner til designretta næringsutvikling på kap. 930, post 70 under Nærings- og fiskeridepartementet.
Post 72 Bustad- og områdeutvikling i byar, kan overførast
Mål for ordninga
Tilskotet skal bidra til å forbetre bustadmiljøet, deriblant å løyse lokale utfordringar for innbyggarane i område med levekårsutfordringar. Tilskotet støttar opp om mål 1 for programkategori 13.80, Tilgang på eigna bustader i heile landet.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er samansett av fleire indikatorar som betre fysiske kvalitetar ved bumiljøet, auka oppleving av tryggleik og sosial deltaking i nærmiljøet.
Tildelingskriterium
Tilskotet går til kommunane sin områderetta innsats i Oslo, Bergen og Trondheim. Kommunane skal bruke tilskotet til fysiske tiltak som bidrar til å auke kvaliteten i bygningar og uteområde, og til utvikling av nye tiltak for bumiljøet, bustadkonsept og liknande som bidrar til å forbetre eit område fysisk og sosialt. Kommunane kan òg bruke tilskotet til kunnskaps-, informasjons- og kompetansetiltak.
Oppfølging og kontroll
Husbanken forvaltar ordninga, og følgjer opp tiltaka fagleg og økonomisk mellom anna basert på rapporter frå dei involverte kommunane.
Rapport
I 2022 tildelte Husbanken totalt 21,1 mill. kroner i tilskot til bustad- og områdeutvikling i byar. Av dette fekk Oslo 10 mill. kroner, Bergen 7,9 mill. kroner og Trondheim 3,2 mill. kroner. Mange av tiltaka som er gjennomførte er eit resultat av samarbeid mellom fleire kommunale einingar og lokalt næringsliv.
Oslo kommune har mellom anna støtta prosjekt «Trivelege nabolag» i Oslo Indre Øst, der sosiale og fysiske tiltak blir testa i nabolag med bumiljøutfordringar. I den bustadsosiale strategien til Bydel Gamle Oslo blir tilskotet brukt til å utvikle nye måtar å arbeide på, i private bygardar og sameige. I 2022 har prosjektet arbeida med sosiale og organisatoriske tiltak i to spesifikke buområde.
Bergen kommune har mellom anna arbeidd vidare med prosjekta i satsingsområda Solheim nord, Indre Laksevåg, Ytre Arna, Loddefjord og Olsvik. Til dømes har dei oppgradert fleire parkar og gitt stønad til fleire kulturarrangement.
Trondheim kommune har mellom anna starta nye områdesatsingar på Lademoen og Tempe-Sorgenfri og prosessar knytt til dette. Dette er til dømes analyse av bydelane sine behov og mogelegheiter og status.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Posten blir budsjettert med tilsegnsramme, tilsegnsfullmakt og løyving. Det blir foreslått ei løyving på 20,9 mill. kroner og ein tilsegnsfullmakt på 22,3 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Løyvinga og tilsegnsfullmakta gir ei tilsegnsramme på 20 mill. kroner.
Post 81 Kompetansetiltak, kan overførast
Kompetansetiltak, kunnskapsdeling og utvikling av nye verktøy støttar opp om planarbeidet i fylkeskommunane og kommunane. Ved hjelp av midlar frå denne posten blir det utvikla tilbod som er tilgjengelege for planleggarar over heile landet.
Mål for ordninga
Målet med ordninga er å auke kompetansen innan planlegging, kart og geodata. Dette skal bidra til å auke effektiviteten og kvaliteten på den lokale planlegginga etter plan- og bygningslova. Kompetansetiltaka skal kome aktørar i planprosessar etter plan- og bygningslova til gode, som avgjerdstakarar, planleggarar, organisasjonar, innbyggarar og næringsliv.
Tilskotet skal støtte opp om mål 2, Eit velfungerande plansystem fremjar effektivitet og kvalitet i planlegginga. Tilskotet støttar òg opp om berekraftsmål 11 Berekraftige byar og samfunn gjennom finansiering av tiltak knytte til samfunnsplanlegging og stadutvikling.
Ei rekke kriterium vil vere relevante for å vurdere måloppnåing for tilskotsordninga:
Om det er blitt auka kvalitet og effektivitet i planarbeidet.
Om det er blitt auka teknisk og juridisk kompetanse hos målgruppene.
Om det er utvikla produkt og tenester basert på allmenn tilgjengeleg kartinformasjon og geodata.
Om det er bidratt til berekraftig utvikling med vekt på det sosiale og miljømessige, med referanse til berekraftsmål 11.
Om tiltaka har inspirert og hjelpt kommunar i arbeidet deira med stadutviklingsprosessar.
Tildelingskriterium
Aktuelle søkarar er organisasjonar, verksemder, stiftingar og faglege nettverk i privat og frivillig sektor. Tiltaket kan gjerne vere i samarbeid med ein offentleg aktør.
Ved tildeling vil det bli lagt vekt på prosjekt som:
bidrar til læring i nettverk og partnarskap, samarbeid på tvers av fagområde, sektorar, forvaltingsnivå og geografiske grenser
har allmenngyldig verdi
kan bidra til verdiskaping basert på tilgjengeleg kartinformasjon og geodata.
Oppfølging og kontroll
Departementet tar utgangspunkt i innsende rapportar frå tilskotsmottakar og vurderer dokumenterte resultat opp mot kriteria for måloppnåing og tildeling. Vidare har departementet dialog med mottakarane undervegs og i etterkant av gjennomføringa både om det faglege opplegget og dei formelle rammene for tildelinga.
Rapport
I 2022 vart det løyvd 7,1 mill. kroner, der 3,5 mill. kroner vart tildelt namngjevne mottakarar, og resten til ulike kompetanseprosjekt. I 2023 vart det løyvd 7,4 mill. kroner, der 3 mill. kroner vart tildelt namngjevne mottakarar, og resten til ulike kompetanseprosjekt.
I 2022 og 2023 gjekk 2 mill. kroner til Bylivsenteret i regi av Norske arkitekters landsforbund (NAL), den einaste foreininga som samlar alle norske arkitektar. Det er ikkje andre aktuelle mottakarar. Bylivsenteret har gjennomført ulike kompetansetiltak og støtta ei rekke kommunar med stadutvikling.
1 mill. kroner gjekk til Sekretariatet for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS). SEVS er eit samarbeid mellom stat og kommunesektoren for å styrkje kompetansen innan planlegging og samfunnsutvikling. KS er kommunesektoren sin organisasjon, og det finst ikkje alternative mottakarar. SEVS har brukt midlane på kurs og samlingar, blant anna det årlege etter- og vidareutdanningstilbodet innan samfunnsplanlegging (SAMPLAN), SAMPLAN for kommunedirektørar, og kurs i utbyggingsavtaler, reguleringsplanar og konsekvensutgreiingar.
Rapportane og dokumentasjonen frå prosjekta indikerer at tiltaka har bidratt til auka kompetanse innan plan, kart og geodata både hos søkjarane og målgruppene deira. I tillegg har erfaringar og resultat frå tiltaka blitt lagt til grunn for politikkutvikling og blitt formidla til aktuelle målgrupper gjennom departementet sine digitale kommunikasjonskanalar og utviklings- og kompetansearbeid.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
For 2024 vil det særleg vere aktuelt å gi tilskot til prosjekt knytt til etter- og vidareutdanningstilbod innan areal- og samfunnsplanlegging, kart og geodata, og kompetansehevingstiltak innan klima, sikkerheit og attraktive lokalsamfunn.
Det blir foreslått 1 mill. kroner til Bylivsenteret i regi av NAL, og 1 mill. kroner til SEVS, for å tilby kurs og kompetansetiltak innan stadutvikling og planlegging. Begge arbeidar hovudsakleg for å auke den offentlege plankompetansen.
Det blir foreslått å redusere løyvinga til Bylivsenteret med 1 mill. kroner som følgje av innsparing i tilskot til namngjevne tilskotsmottakarar.
Samla blir det foreslått å løyve 6,7 mill. kroner.
Kap. 595 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45 | 940 518 | 901 205 | 967 776 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45 | 259 130 | 249 589 | 360 308 |
30 | Geodesiobservatoriet, kan overførast | 21 229 | 9 600 | 31 500 |
Sum kap. 595 | 1 220 877 | 1 160 394 | 1 359 584 |
Kartverket er statens fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Kartverket skal dekke eit felles databehov hos mange brukarar for kart, stadfesting og annan geografisk informasjon. Kartverket skal bygge og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunane, statlege etatar og andre som bidrar til det offentlege kartgrunnlaget. Hovudmål for drifta er oppdaterte grunnkartdata for norske land- og sjøområde, forsvarleg og effektiv tinglysing og matrikkel med god kvalitet og effektiv tilgang til, og bruk av, kart og eigedomsinformasjon.
Kartverket skal støtte opp om mål 3, Effektiv tilgang til oppdatert kart- og eigedomsinformasjon gir grunnlag for verdiskaping og utvikling.
Kartverket sitt samarbeid med offentlege og private aktørar i Noreg og internasjonalt støttar særleg opp om berekraftsmål 9 om innovasjon og infrastruktur og mål 17 om samarbeid for å nå måla. Gjennom samarbeid med og rettleiing av kommunane speler Kartverket ei sentral rolle i forbetring av kommunale tenester, særskilt i dei minste kommunane.
Kartverket har om lag 810 tilsette og er organisert i divisjonane geodesi, land, sjø og eigedom. Hovudkontoret er lokalisert på Hønefoss. I tillegg har etaten ti fylkeskartkontor, ein sjødivisjon i Stavanger, tinglysing av burettslagsdelar og kundesenteret for Kartverket i Ullensvang og eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45
Løyvinga skal dekke Kartverkets utgifter til løn, varar og tenester, pensjon, husleige, IKT og andre faste driftsutgifter. Utgiftene er knytte til heile Kartverkets ansvarsområde, mellom anna drift av matrikkel og tinglysing, den geografiske infrastrukturen i Noreg og sjømåling.
Delar av utgiftene på posten, mellom anna utgifter knytte til geodataarbeidet og koordinering av samfinansieringsprosjekt, blir finansiert av inntekter frå sal og abonnement og frå samfinansiering, jf. omtale under kap. 3595, post 02 og 03.
Rapport
I tråd med tillitsreforma jobbar Kartverket med nye arbeidsmetodar for å oppdatere sine tenester for å møte dei høge forventingane frå brukarar om at oppdaterte og pålitelege geodata skal vere tilgjengelege heile døgnet. 66 pst. av tinglysingssakene blir no sendt inn digitalt, mot 42 pst. i 2019. Talet på oppslag hos Kartverkets kart (cache) har auka frå 8,7 milliardar i 2018 til 12,4 milliardar i 2022. Moderniseringa av matrikkelen har gjort at bruken av denne statlege felleskomponenten aukar. Det er no 2,5 millioner søk mot matrikkelen kvar dag, og det har blitt enklare for folk flest å sjekke kva som gjeld for deira eigedom sjølv.
Krigen i Ukraina og NATO-medlemskapsprosessen for Finland og Sverige, har gjort at Kartverket har brukt betydelege ressursar på tenester til Forsvaret. Kartverket har òg ei sentral rolle i den tekniske gjennomføringa av delinga av tvangssamanslåtte fylkar og kommunar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Kartverket sine hovudprioriteringar i 2024 er:
enkelheit for brukarane og å bidra til at Noreg framleis er leiande i bruk av geografisk informasjon.
gjennom samarbeid, utvikle den geografiske infrastrukturen til å bli fellesskapet sin «digitale tvilling». Ein tvilling er ein digital kopi av verkelegheita, der kunnskap om stad utgjer grunnmuren. Den digitale tvillingen inneheld både naturlege og menneskeskapte forhold som kan hjelpe oss til å ta riktige og berekraftige avgjerder.
forbetring av matrikkelen, både i kvalitet og heilskap. Mange offentlege og private aktørar er avhengige av dette registeret. Det er behov for å heve kvaliteten, mellom anna ved hjelp av betre dataflyt og moglegheiter for brukarregistrering.
Det ventast at Kartverket òg i 2024 må bruke mykje av sin kompetanse til å støtte Forsvaret.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 16,5 mill. kroner som følgje av auka inntekter frå sal av abonnement/tenester og samfinansiering.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner som følgje av at midlar førast tilbake til Samferdselsdepartementet etter utvikling av ny løysing for «Nasjonalt luftfartsregister».
Samla blir det foreslått å løyve 967,8 mill. kroner. Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3595, post 02 og 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45
Løyvinga skal i hovudsak dekke tidsavgrensa prosjekt og kjøp av tenester frå private leverandørar. Dette gjeld mellom anna fotografering og laserskanning frå fly, men òg bearbeiding av data og andre tenester frå geodatabransjen.
Kartverket har ansvar for mange samfinansierte kartleggingsprogram over heile Noreg. Dette gjeld ei rekke lokale og regionale initiativ der Kartverket organiserer kartlegging av område der fleire interessentar har samanfallande behov for oppdaterte data. Grunnlaget er fleirårige regionale geodataplanar og Geovekst-samarbeidet. Inntektene frå dei samarbeidande partane blir førte på kap. 3595, post 03.
Delar av utgiftene på posten blir òg dekka med inntekter frå sal og abonnement over kap. 3595, post 02. Det gjeld mellom anna abonnement til posisjonstenester og sal av geodata. Det gjeld òg flyfotografering (omløpsfotografering), som gjennomførast ved hjelp av dei bidrag Kartverket får frå andre offentlege etatar og kommunar over kap. 3595, post 03.
Inntektene som Kartverket tar imot til samfinansierte prosjekt og frå sal og abonnement, går i all hovudsak til kjøp av varer, utstyr og eksterne tenester. Kartverket sine bidrag i prosjekta er ressursar/prosjektleiarar i form av årsverk som blir finansiert på post 01.
Rapport
Kartverket avslutta i 2022 både arbeidet med nasjonal detaljert høgdemodell og pilotprosjektet for marine grunnkart. Begge har vore vellykka og bruken av høgdedata har vore større enn forventa, både i brukarar og bruksområde. Noreg har no data tilsvarande to målingar per kvadratmeter for heile fastlands-Noreg, som strekk seg over 324 000 kvadratkilometer. Slike data er viktig for utviklinga av mellom anna faresonekart eller planlegging av infrastruktur. Piloten for marine grunnkart vart gjennomført frå 2020 i Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen, og syner korleis ei samla kartlegging og framsyning av data er viktig for mellom anna kystsoneplanlegging.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Data som er relatert til ein stad, geodata, er ei viktig kjelde til verdiskaping, innovasjon og tenesteutvikling i offentleg og privat sektor. God tilgang til og bruk av geografisk informasjon blir stadig viktigare for næringsliv, kommunar og andre brukarar. Kartverket skal styre mot å bli ein enda meir relevant og attraktiv samarbeidspartnar for både offentlege og private verksemder.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 22,3 mill. kroner som følgje av auka inntekter frå sal av abonnement/tenester og samfinansiering.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 63 mill. kroner i tråd med prosjektplanen for utvikling av eit nytt system for verdsetjing av fritidsbustader gjennom matrikkelen. Prosjektet starta i 2023 og er treårig, med samla 156 mill. kroner til utvikling i Kartverket og faste driftskostnadar på 20 mill. kroner frå 2025. Sjå omtale av dette i Prop. 1 S (2023–2024) for Finansdepartementet.
Vidare blir det foreslått ei auking på 5,8 mill. kroner i tråd med framdriftsplanen for it-prosjektet Nautilus.
Samla blir det foreslått å løyve 360,3 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3595, post 02 og 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Det blir foreslått at Kartverket kan setje i gong samfinansierte prosjekt før finansieringa i sin heilskap er innbetalt, føresett at det er inngått ein bindande avtale med forsvarleg sikkerheit om innbetaling mellom partane og for inntil 90 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Det blir foreslått ei fullmakt på inntil 40 mill. kroner til å bestille kartgrunnlag og kartleggingstenester og inngå avtaler om kartleggingsarbeid som går over fleire år, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 30 Geodesiobservatoriet, kan overførast
Midlane går til det tidsavgrensa prosjektet med etablering av eit nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund. Prosjektet skal etablere ein moderne stasjon for geodetiske målingar som kan virke saman med eit nettverk av tilsvarande målestasjonar fordelt over heile verda.
Rapport
Prosjektet starta opp i 2012. Frå 2020 har arbeidet bestått i å få begge dei nye antennene i full drift og gjennomføre ein periode med samkøyring av ny og gammal antenne. Dette har vore utfordrande, då den gamle antenna går mot slutten av si levetid og har vore ute av funksjon i lengre periodar. Drifta av den gamle antenna er avslutta og antenna vil bli riven i 2023. I 2022 vart det gjennomført 100 målingssesjonar mot fjerntliggande kvasarar i Ny-Ålesund, koordinert med anlegg frå resten av verda. Desse dannar grunnlaget for å bestemme nøyaktig kvar jordas kjerne er til ein kvar tid, og dermed etablere den globale posisjonsramma som all stadfesting er avhengig av. Det har vore krevjande å få på plass lasermålingsinstrument (SLR) i Ny-Ålesund, då ein er avhengig av framdrifta i eit større amerikansk prosjekt der Ny-Ålesund er det einaste ikkje-amerikanske anlegget. Første del av SLR er no på plass i Ny-Ålesund, medan hovuddelen er venta i 2024/2025.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2024
Det blir foreslått å løyve 31,5 mill. kroner, i tråd med prosjektet sin oppdaterte framdriftsplan.
Prosjektet er forventa å vere ferdig i 2025 og har ei kostnadsramme på 419,4 mill. kroner per 1. juli 2024, jf. vedlegg 3 med oversikt over gjeldande romartalsvedtak frå tidlegare år.
Kap. 3595 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Gebyrinntekter tinglysing | 455 917 | 488 000 | 477 700 |
02 | Sal og abonnement m.m. | 171 424 | 122 302 | 149 106 |
03 | Samfinansiering | 192 360 | 179 120 | 204 439 |
Sum kap. 3595 | 819 701 | 789 422 | 831 245 |
Post 01 Gebyrinntekter tinglysing
På posten blir det ført inntekter knytte til gebyr for rettsregistrering av burettar og tinglysing i fast eigedom. Gebyra er fastsett i forskrift.
Omfanget av gebyrinntekter er i hovudsak gitt av omsetninga i bustadmarknaden. Det er større usikkerheit rundt desse prognosane framover. Inntektene frå gebyra er foreslått redusert med 10,3 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 477,7 mill. kroner.
Statens utgifter til tinglysing og matrikkel er i statsbudsjettet for 2024 på om lag 506 mill. kroner. Grunna satsingar på matrikkelen som følgje av prosjektet på verdsetting av fritidsbustader i matrikkelen på 83 mill. kroner, er utgiftene vesentleg høgare enn tidlegare år. Statens utgifter til tinglysing og matrikkel er samla sett om lag 30 mill. kroner høgare enn inntektene for 2023.
Kommunal- og distriktsdepartementet kjem til å revidere strukturen for tinglysingsgebyr i eiga forskrift til 1. januar 2024.
Post 02 Sal og abonnement m.m.
På posten blir det ført inntekter frå ulike sal og abonnement i Kartverket. Inntektene er i hovudsak knytte til sal av posisjonstenester, mellom anna CPOS, og sal av geodata. I tillegg kjem inntekter knytte til internasjonalt arbeid, betaling for delar av Kartverkets arbeid med formidling av elektroniske sjøkart (PRIMAR) og diverse andre sjøprodukt. I 2022 vart Noreg det andre landet i verda til å selje digitale sjøkart (ENCar) etter standarden S-102, som gir brukarane detaljerte terrengmodellar under vatn frå 15 hamner.
Posten blir foreslått auka med 21,4 mill. kroner som følje av auka inntekter. Auka inntekter i ei rekke av dei pågåande prosjekta er finansiert med eksterne inntekter, deriblant inntekter i PRIMAR som skal dekke auka innsats frå ECC.
Samla blir det foreslått å løyve 149,1 mill. kroner.
Post 03 Samfinansiering
På posten blir det ført inntekter knytte til tidsavgrensa prosjekt som skal samfinansierast. Inntektene frå samfinansiering kjem frå statsetatar, kommunar og private aktørar. Dette er hovudsakeleg kartleggingsprosjekt, der Kartverket leiar arbeidet og i nokre tilfelle òg utfører arbeidet sjølv. Inntektene er mellom anna knytte til Geovekst, vedlikehald av Felles kartdatabase (FKB) og omløpsfotografering.
Det blir foreslått ein auke på 17,4 mill. kroner, mellom anna knytt til større deltaking i Geovekst-samarbeid.
Samla blir det foreslått å løyve 204,4 mill. kroner.
Kap. 5635 Electronic Chart Centre AS
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
85 | Utbytte | 5 107 | 3 000 | |
Sum kap. 5635 | 5 107 | 3 000 |
Post 85 Utbytte
Departementet tok over eigarstyringa av Electronic Chart Centre (ECC) frå 1. januar 2022. Selskapet låg tidlegare under Nærings- og fiskeridepartementet. Hovudaktiviteten til selskapet er distribusjon av elektroniske sjøkart (ENCar) for det internasjonale PRIMAR-samarbeidet som Kartverket er operatør for. Frå 2022 har ECC eit sektorpolitisk mål om sjøsikkerheit.
I 2022 vart det utbetalt 5,1 mill. kroner i utbytte. Utbytte utbetalt i 2023 vart på nærare 5,4 mill. kroner, noko høgare enn anslaget som vart lagt til grunn i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Framover vil ECC måtte prioritere midlar til vedlikehald og oppgradering av eksisterande løysingar.
Det blir foreslått 3 mill. kroner i anslått utbytte i 2024. Endeleg utbytte blir avklart etter at selskapets årsregnskap for 2023 er kjend.
Fotnotar
Sjå oppdragsgivarrapporten til Innovasjon Noreg for definisjon av miljøklassifisering (s. 288).
Dei ulike ordningane bruker ulike omgrep i måling og rapportering. Verdiskaping er verdien av verksemda sitt ferdige produkt minus vareinnsats, omsetning er summen av verksemda sine inntekter og er det same som salsinntekt.
Enten målt ved del kvinnelege leiare/eigarar eller ved Innovasjon Noreg sin indikator «kvinneretta», sjå Innovasjon Noreg sin oppdragsgivarrapport 2022 s. 287 for definisjon.
Verkeområdet for distriktspolitisk grunngjeva investeringsstøtte er fastsetje av departementet og godkjend av ESA i samsvar med EU sine retningslinjer om regionalstøtte.
Ulike ordningar har ulikt innhald. For ordningar som tildeler tilskot eller lån blir totale tilsegn rapportert, for ordningar som inneheld tenester blir verkemiddelaktørens forbruk rapportert. For låneordningar er tildelte tilsegn høgare enn løyvingane fordi det berre er tapsavsetninga som reknast som kostnad.
Resultata i ordninga vart rapportert i Innovasjon Noregs oppdragsgivarrapport 2022, i tillegg til eksterne evalueringar av ordningane.
Definert av Innovasjon Noreg i tråd med EU sin taksonomi for berekraftsmåla, sjå oppdragsgivarrapporten s. 288.
Resultata i ordninga vart rapportert i Siva sin årsrapport for 2022.
Målverksemd blir definert som kvar verksemd eller næringsdrivande som mottek innovasjonsrådgiving og/eller støttetenester til redusert pris frå programselskapet. Målverksemda skal alltid vere eit norsk SMB. Målverksemda blir tilknytt næringshagen gjennom ein målverksemdavtale og skal ha ein utviklingsplan.
Vareide, K., Storm, H. N. og Grønn, J. F. (2022). Evaluering av ordningen med regional omstilling. TF-rapport nr. 704. Telemarksforsking.
Brastad, B., Bjørgo F. og Knudsen, J.P. (2023). Følgeevaluering Statens Hus. Delrapport fra følgeevalueringen av pilotene i Statens Hus. Oxford Research.
Ein mindre del av innbyggartilskotet blir gjeve med ei særskild fordeling. Fordelinga er vist i tabell C i grønt hefte – berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2022–2023). Etter at sakene med særskild fordeling er trekte ut, blir innbyggartilskotet fordelt med eit likt beløp per innbyggar til alle fylkeskommunane.
Verkeområdet for distriktspolitisk grunngjeva investeringsstøtte er fastsetje av departementet og godkjend av ESA i samsvar med EU sine retningslinjer om regionalstøtte.