Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Landbruks- og matpolitikken til regjeringa

Krig, ustabile forsyningar av mat og energi og store klima- og miljøutfordringar pregar kvardagen til millionar av menneske verda over. Meir enn nokon gong er det tydeleg, også i vårt relativt rolege hjørne av verda, at eit aktivt jordbruk og ein berekraftig matproduksjon er grunnleggjande for at vi skal kunne skape ei trygg framtid.

Landbrukspolitikk er òg beredskapspolitikk, nærings- og handelspolitikk og miljø- og klimapolitikk. Desse overordna perspektiva ligg til grunn for regjeringa sine prioriteringar for jordbruket i framlegget til statsbudsjett.

Regjeringa vil ha eit aktivt og berekraftig jordbruk over heile landet. Jordbruket skal gi oss nok mat og trygg mat og dyrevelferda skal vere god. Bøndene skal ha rammevilkår som gjer at dei kan utnytte potensialet for inntekt på garden best mogleg.

Regjeringa arbeider med å auke sjølvforsyninga mellom anna gjennom å styrkje konkurransekrafta mot import. Konkurransekraft i matsektoren er avgjerande for å oppretthalde ein høg marknadsdel i heimemarknaden. For regjeringa er dette ein sentral del av arbeidet med å styrkje beredskapen.

Sommaren 2023 med tørke og flaum har vist kor avgjerande det er med god beredskap for å berge maten til folk og dyr. Vi må vere budde på klimatilpassingar i jordbruket i åra som kjem. Dette er òg eit viktig beredskapsarbeid for regjeringa.

Vi må utnytte dei nasjonale ressursane etter beste evne, og ta vare på mangfaldet og dei gode produksjonsmiljøa i jordbruket, reindrifta og skogsektoren.

Reindriftsnæringa utnyttar marginale utmarksressursar og er samtidig avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. Regjeringa har eit mål om ei berekraftig reindriftsnæring.

Ansvarleg og langsiktig forvaltning av skogen er ein føresetnad for å produsere skog med kvalitetstømmer, og slik bidra til verdiskaping og karbonbinding. Skogen er òg ein viktig arena for rekreasjon og friluftsliv. Ein offensiv politikk for skog- og trenæringa er god nærings-, distrikts- og klimapolitikk.

Berekraftsmåla til FN er ein felles, overordna handlingsplan for ei berekraftig utvikling for alle land og samfunnsområde. Måla for landbruks- og matpolitikken skal, på same måte som berekraftsagendaen, byggje på økonomisk, sosial og miljømessig berekraft.

Klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast og opptaket av karbon aukast, samstundes som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra klima. Ein variert bruksstruktur som er tilpassa naturressursar og geografi, gir eit godt utgangspunkt for å produsere mat på ein berekraftig og klimavenleg måte.

Regjeringa har følgjande mål for ein berekraftig landbruks- og matsektor:

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla. Ein berekraftig landbruks- og matsektor er eit gjennomgåande omsyn for alle dei landbruks- og matpolitiske måla.

Prioriteringar i landbruks- og matpolitikken

Jordbruksavtalen styrkjer norsk matproduksjon

Organisasjonane i jordbruket blei ikkje samde om eit felles krav til jordbruksforhandlingane våren 2023. Staten bad difor Norges Bondelag om å fremje eit krav på vegne av jordbruket. Den 16. mai blei staten og Norges Bondelag samde om ein jordbruksavtale som blei fremja for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.) og vedteken 15. juni 2023.

Med jordbruksavtalane dei to siste åra har regjeringa bidrege til eit stort løft for bøndene. Avstanden i inntekt til andre grupper er vesentleg redusert, i tråd med ambisjonane i Hurdalsplattforma.

Jordbruksavtalen frå 2023 har ei samla ramma på 4 147 mill. kroner, og inneber at løyvinga til jordbruksavtalen over statsbudsjettet blir auka med 2 907 mill. kroner i 2024. Bøndene får full kompensasjon for den prognoserte kostnadsveksten i 2024, og 888 mill. kroner i kompensasjon fordi føresetnadene i oppgjeret i 2022 ikkje slo til som venta.

Avtalen legg opp til at det skal bli mogleg å tene meir i alle produksjonar. Partane har særskilt prioritert økonomien i mjølkeproduksjonen, tiltak for klima og miljø, velferdsordningar, unge bønder og landbruk i Nord-Noreg.

Auka berekraft i verdikjeda for mat

Regjeringa styrkjer berekrafta i verdikjeda for mat gjennom verkemiddel både innanfor og utanfor jordbruksavtalen. Særleg viktige område er jordvern, klima- og miljøarbeidet i jordbruket, plante- og dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Regjeringa legg vekt på medverknad og samarbeid med landbruket gjennom jordbruksavtalen.

Sosial, økonomisk og miljømessig berekraft heng tett saman og skal bidra til å oppnå berekraftsmåla til FN. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2; Utrydde svolt, og har delansvar under fleire andre mål, mellom anna berekraftsmål 12; Ansvarleg forbruk og produksjon og mål 15; Livet på land. Status og nasjonal oppfølging av berekraftsmåla til FN er omtalt i del III.

Etablering av beredskapslager for matkorn

Klimaendringar og meir ekstremver i framtida kan påverke tilgangen på mat og gjere forsyningstryggleiken frå verdsmarknaden meir utfordrande. Uro i verdikjedene for matvarer og sikkerheitspolitiske kriser kan òg gjere matforsyninga meir utrygg.

I tråd med ambisjonane i Hurdalsplattforma etablerer regjeringa beredskapslagring av matkorn. Regjeringa vil med dette sørgje for at befolkninga i Noreg har tilgang til nok matkorn i ein krisesituasjon. Det er sett av 63 mill. kroner til denne satsinga i statsbudsjettet for 2024.

Det skal lagrast matkorn over heile landet. Lagera skal byggjast opp så raskt som råd med 15 000 tonn korn per år. Målet er at det skal vere nok korn på lager til tre månader forbruk innan 2029.

Staten skal eige kornet, men lagera skal vere integrerte i det kommersielle lagerhaldet til marknadsaktørane. Landbruksdirektoratet, som skal forvalte ordninga med beredskapslagring, vil invitere til anbodsrunde.

Jordvernet styrkjer beredskapen

Dyrka mark er ein knapp ressurs. Ved å ta vare på dyrka mark, styrkjer vi beredskapen. Ny jordvernstrategi blei lagt fram for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.).

Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Målet skal vere nådd innan 2030. Strategien inneheld nye, konkrete tiltak for å nå dette målet. Regjeringa vil følgje opp den nye strategien.

Landbruket som del av løysinga for klima og miljø

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at vi når dei nasjonale klima- og miljømåla. For ein samla omtale om prioriteringar på klima- og miljø, sjå Prop. 1 S frå Klima- og miljødepartementet.

Eit aktivt landbruk over heile landet er ein føresetnad for å vareta kulturlandskapet med eit stort mangfald av naturtypar, kulturminne og kulturmiljø.

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga. Regjeringa sin intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren. Det går òg fram av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030. Etablering av Bionova er òg eit verktøy for å nå måla i klimaavtalen. Regjeringa har òg styrkt Landbruksdirektoratets arbeid innanfor arealforvaltning, beredskap, klimaendringar og klimatilpassing.

I jordbruksoppgjeret 2023 blei miljø- og klimainnsatsen i jordbruket styrkt ytterlegare. Denne satsinga skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og til arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap, bruk av beite og artsmangfald.

Oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv blei òg særskild prioritert i forhandlingane i 2023. Regjeringa har òg mål om å auke CO2-opptaket i norsk skog. Elles ligg Meld. St. 13 (2020–2021) til grunn for klimapolitikken for skog- og arealbrukssektoren. Meld. St. 26 (2022–23) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn ligg vidare til grunn for arbeidet med klimatilpassing for det sektorovergripande samarbeidet og for den enkelte sektor, slik som landbruk.

Bionova styrkjer klimaarbeidet i landbruket

Gjennom Bionova har regjeringa styrkt arbeidet med klimatiltak i landbruket og med utvikling av den sirkulære bioøkonomien. Bionova blei etablert i 2023 som ein del av Innovasjon Norge og er lagt til Innovasjon Norge sitt regionkontor i Brumunddal.

Bionova skal bidra til å redusere klimagassutslepp og auke opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå, og bidra til auka verdiskaping gjennom ein meir ressurseffektiv og sirkulær bioøkonomi. Tilsegnsfullmakt og løyving knytt til Bionova har blitt auka gjennom både revidert nasjonalbudsjett for 2023 og gjennom jordbruksoppgjeret i 2023. For budsjettåret 2024 gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga til Bionova ytterlegare med 83,6 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023. Samla løyving på kap. 1152, post 70 blir då 171,2 mill. kroner. Samla løyving til Bionova for 2024, medrekna løyvinga over jordbruksoppgjeret, blir 393,2 mill. kroner.

Arealforvaltning og beredskap

Landbruket er ein viktig del av totalberedskapen i samfunnet, både når det gjeld matsikkerheit og klimatilpassing. Klimahendingane i sommar med både tørke og flaum er ei påminning om at klimaendringane forsterkar presset på landbruket og aukar behovet for god arealbruk og beredskap. For å kunne handtere desse utfordringane vil regjeringa difor styrkje Landbruksdirektoratets arbeid med arealforvaltning, beredskap, klimaendringar og klimatilpassing.

Eit sterkt importvern er avgjerande for landbrukspolitikken

Regjeringsplattforma set ambisiøse mål for norsk landbruk og matindustri. Eit solid importvern er ein føresetnad for å nå måla om auka sjølvforsyning, betre inntektsmoglegheiter og landbruk over heile landet. Dette ligg til grunn for forvaltninga av importvernet og marknadsordningane i jordbruket. For å styrkje tollvernet, gjer regjeringa framlegg om overgang frå kronetoll til prosenttoll for heil issalat, kålrot, knollselleri og raudbetar frå 1. januar 2024.

Regjeringa forhandlar om rammevilkår for handel med jordbruksvarer i WTO, EØS og som ein del av EFTA. I slike forhandlingar legg regjeringa vekt på at det ikkje blir gitt konsesjonar for sensitive norske jordbruksvarer som til dømes meieri- og kjøttvarer. Regjeringa legg vidare vekt på retten til å innføre tiltak som påverkar handelen av omsyn til folke-, plante- og dyrehelse.

Straumstønaden reduserer kostnadene i jordbruket

Primærprodusentar i jordbruket og veksthusnæringa fekk ei ordning med straumstønad allereie frå desember 2021. Formålet med ordninga er å bidra til at norsk matproduksjon og norsk produksjon i veksthus kan halde fram trass i dei ekstraordinære, høge utgiftene til straum. Ordninga med straumstønad til jordbruk, veksthus og vatningslag skal vidareførast med dagens berekningsmetode med gjennomsnittleg månadleg straumpris ut 2024. Dette gir føreseielege rammer for næringa.

Ordninga har ei stønadsgrad på 80 pst. opp til forbruk på 60 000 kWt per føretak per månad. Denne grensa er sett for å dekkje eit rimeleg og normalt forbruk av straum for både næring og privat forbruk på eit «vanleg» gardsbruk. For stønad til veksthus og vatningslag er det inga maksimalgrense.

Dyrevelferda og plante- og dyrehelsa skal varetakast

Dyrevelferda og plante- og dyrehelsa skal vere god. Dette er avgjerande for at bøndene skal kunne produsere trygg mat og for omdømmet til matproduksjonen.

Regjeringa har starta arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding som skal gjelde for alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova, inkludert fisk. Ny kunnskap om dyrevelferd og utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon og havbruk står sentralt i arbeidet.

Mattilsynet har ei viktig rolle med å overvake dyrevelferda og å utvikle regelverket. Innsatsen på dette område er styrkt.

Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Også plantehelsa er god, men meir import av planter og plantemateriale aukar risikoen for nye sjukdommar og skadegjerarar. Tilsyn med kontrollrutinane hos importørane er difor viktig. Mattilsynet overvakar og handterer hendingar på plante- og dyrehelseområdet. Dette arbeidet er avgjerande for å styrkje og bevare den gode plante- og dyrehelsa i Noreg.

Regjeringa foreslår å auke Mattilsynet sitt budsjett med 10 mill. kroner, til mellom anna utvikling av tilsynet og styrking av beredskapen.

Regjeringa vil følgje opp at kjæledyr, som kjem saman med fordrivne frå Ukraina, oppfyller dei vanlege dyrehelsekrava.

Det er vidare mangel på veterinærtenester i jordbruket. God tilgang på slike tenester er vesentleg av omsyn til dyrehelsa, dyrevelferda og mattryggleiken. På oppdrag frå departementet har ei arbeidsgruppe gjort ei utgreiing. Gruppa tilrår ei rekkje tiltak som kan bidra til å redusere utfordringane med å rekruttere og behalde veterinærar i praksis knytt til produksjonsdyr i distrikta.

Næringsmiddelindustrien og jordbruket

Det er om lag 40 000 arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien i Noreg. Mange av verksemdene ligg i distrikta, og betyr mykje for verdiskaping, sysselsetjing og busetjing.

Jordbruket er avhengig av ein livskraftig næringsmiddelindustri for å kunne foredle råvarer. Samtidig er industrien avhengig av norske råvarer i produksjonen. Til saman dekkjer jordbruket og industrien heile verdikjeda for matproduksjon.

Importvernet for jordbruksvarer bidreg til å oppretthalde ein levedyktig industri. Auka konkurranse stiller samtidig krav til omstillingsevne, effektivisering og innovasjon i verksemdene. Jordbruksavtalen har ordningar som skal kompensere for prisforskjellar på jordbruksråvarer mellom Noreg og utlandet, slik at næringsmiddelindustrien i Noreg kan produsere og omsetje industrielt foredla jordbruksvarer basert på norskproduserte jordbruksråvarer.

Matnasjonen Noreg

Matnasjonen Noreg er ei felles ramme for arbeid med næringsutvikling og verdiskaping innan verdikjeda for mat, basert på ressursar frå hav og land. Dette arbeidet skal halde fram. Samarbeid mellom blå og grøn sektor, og samarbeid knytt til kosthalds- og folkehelse, står sentralt.

Arbeidet med lokalmat og -drikke, og med heilskaplege mat- og reiselivskonsept, blir særskilt følgt opp gjennom Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping og gjennom nasjonale og regionale samarbeidsarenaer og verkemiddel.

Skogen skaper verdiar

Regjeringa la i 2022 fram eit vegkart for grønt industriløft, der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi er eitt av satsingsområda. Bioressursane frå hav og land skal brukast til klimavenlege og lønsame produkt, inkludert biodrivstoff, og bidra til å utvikle industriarbeidsplassar og lange verdikjeder i Noreg.

Eit berekraftig skogbruk, saman med ein lønsam foredlingsindustri, gir positive nærings-, energi- og klimabidrag. Hovudprioriteringane er betre infrastruktur for transport av tømmer, auka planting, ungskogpleie og skogplanteforedling for større produksjon av trevirke og auka opptak av CO2 i skogen. Målet er større bidrag frå skogbruket til verdiskaping og grøn omstilling av økonomien.

Haustbare viltressursar, rekreasjon og næringsutvikling

Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av dei haustbare viltartane og gode rammer for jakt og fangst. Det er eit potensial for auka næringsutvikling og verdiskaping, mellom anna ved sal av jakt og jaktopplevingar og vidareutvikling av viltkjøttnæringa.

Prioriteringar framover vil vere å gjennomgå og modernisere viltlova, byggje opp under ei berekraftig viltforvaltning og leggje til rette for auka næringsutvikling basert på jakt og vilt som matressurs.

Regjeringa har vedteke å flytte direktoratsansvaret for haustbare viltressursar frå Miljødirektoratet i Trondheim til Landbruksdirektoratet i Steinkjer. Regjeringa vil leggje fram for Stortinget eit forslag om endring i viltlova slik at Landbruksdirektoratet blir viltmyndigheit.

Ei berekraftig reindriftsnæring

Reindriftsnæringa er ei viktig næring. Den utnyttar marginale utmarksressursar og er samstundes avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. I heile verdikjeda frå vidde til bord har det vore ei positiv utvikling dei siste åra. Prisutviklinga har vore vesentleg. Potensialet for auka inntening i og i tilknyting til reindrifta er framleis stort. Dette gjeld særleg innanfor vidareforedling av reinkjøtt, det reindriftsbaserte reiselivet og lærings- og omsorgsbaserte tenester.

Regjeringa har eit mål om ei berekraftig reindriftsnæring. Reindriftsavtalen 2023/2024 legg til rette for vidareutvikling av ei berekraftig næring. Viktige prioriteringar er dei direkte tilskotta, i varetaking av reindrifta sine areal, klimatilpassing, beredskap og tilleggsnæringar. Avtalen vidarefører prioriteringa av dei som har reindrift som hovudverksemd.

Reindrifta har mange utfordringar. Det gjeld særleg bruk av beiteareal til andre formål, til dømes til energi og industri, men òg auka ferdsel i utmark. Dette reduserer fleksibiliteten til reindrifta. Samstundes er tap av rein til rovvilt ei vedvarande utfordring, som blir forsterka når fleksibiliteten blir redusert. Reindrifta blir, som ei naturbasert næring, særleg påverka av klimaendringane. Avtalepartane har difor etablert ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på konsekvensane for reindrifta, og korleis utfordringane skal handterast.

Konfliktnivået mellom reindrift og andre interesser er høgt. Regjeringa ser det som viktig å få etablert tiltak som reduserer konfliktnivået, og som bidreg til å nå måla i reindriftspolitikken om auka lønsemd og produksjon. Kunnskap om reindrift og arealbruken til reindrifta er avgjerande for å gjere gode avvegingar mellom ulike interesser i arealplanlegginga.

Landbruksdirektoratet skal halde fram arbeidet som er starta i 2023 med å byggje opp eit fagmiljø for reindrift og arealforvaltning som kan bidra til å styrkje kompetansen i offentleg forvaltning. Direktoratet skal, saman med statsforvaltarane, bidra til at kommunane har kompetanse om reindrift og kan vareta reindrifta i si arealplanlegging.

Oppgjeret til pelsdyrbøndene skal sluttførast

Regjeringa legg stor vekt på at erstatningsoppgjeret etter avvikling av hald av pelsdyr skal bli sluttført på ein god og rett måte. I løpet av 2023 skal det utformast så mange endelege tilbod som mogleg, men dette arbeidet vil måtte vare òg i 2024. I 2024 vil det òg bli arbeidd med andre ordningar som kompensasjon for riving- og opprydding, kompetanseutviklingsmidlar, kompensasjon for pensjonstap og erstatning til fôrkjøkken og pelseri.

For å avgrense konsekvensane av forseinkingar i erstatningsoppgjeret, har pelsdyrbøndene fått tilbod om forskott basert på 90 pst. av ein førebels berekna bruksverdi eller 75 pst. av takstverdi der det har vore innhenta takst på oppdrag frå Norges Pelsdyralslag.

Dei genetiske ressursane må forvaltast godt

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget er ein trussel mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon.

God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er avgjerande for å ta vare på det genetiske forrådet for mat- og landbruksproduksjon i framtida. Departementet vil setje i verk ein nasjonal tiltaksplan for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk. Tiltaksplanen vil innehalde prioriteringar for det vidare arbeidet, og vise kva rolle og oppgåver dei ulike aktørane har.

Eigedomslovgivinga legg til rette for eit levande landbruk

Regjeringa vil at matjorda skal bli brukt til matproduksjon. For å leggje til rette for eit levande landbruk i heile landet, vil regjeringa òg handheve verkemidla i eigedomslovgivinga. Regjeringa vil i 2024 fortsetje lovutviklingsarbeidet som er sett i gang. Det gjeld mellom anna konsesjonslova og jordlova.

Landbruk i nord gir god beredskap

Eit levedyktig landbruk betyr mykje for busetnaden i Nord-Noreg. Den tryggingspolitiske situasjonen gjer at eit aktivt og mangfaldig næringsliv i nord er vesentleg i eit langsiktig nasjonalt tryggleiksperspektiv.

Dei alvorlege konsekvensane av klimaendringane viser verdien av ei berekraftig ressursutnytting i dei nordlegaste fylka. I jordbruksavtalen blei det sett av 17 mill. kroner til ei vidareføring av satsinga på berekraftig matproduksjon og verdiskaping i Nord-Noreg. Satsinga skal styrkje sårbare produsentmiljø, motverke bruksnedgang, auke arealbruken og heve kompetansen til landbruksnæringa og verdikjeda for mat. Det blir foreslått å vidareføre løyvinga frå revidert nasjonalbudsjett for 2023 på 3 mill. kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) si eining i Pasvik. Den er ein del av regjeringa si aktivitetspakke for Øst-Finnmark og skal bidra til fleire FoU-arbeidsplassar på denne staden.

Frå 2024 vil Troms fylkeskommune ha ansvaret for å følgje opp satsinga i samarbeid med fylkeskommunane i Finnmark og Nordland og dei regionale partnarskapa. Minimum 5 mill. kroner av midlane skal gå til forsking og anna kunnskapsutvikling i regi av Norsk institutt for bioøkonomi. I jordbruksavtalen i 2023 er satsinga på landbruket i Nord-Noreg vidareført og forsterka òg på andre område.

Kunnskap er ein føresetnad for eit berekraftig landbruk

Forsking, innovasjon og ny teknologi skal bidra til sunn og trygg mat basert på norske ressursar og auka sjølvforsyning. Samstundes skal klimagassutsleppa frå jordbruket reduserast, opptaket av karbon auke og miljøet varetakast.

Kunnskap og teknologiutvikling skal bidra til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap innan agronomi og korleis landbruket blir påverka av, og best kan tilpassast, eit endra klima. Ny kunnskap legg grunnlaget for ein sirkulær bioøkonomi og auka verdiskaping i dei landbaserte bionæringane. Det målretta samfunnsoppdraget på berekraftig fôr, lansert i regjeringa sin langtidsplan for forsking- og høgare utdanning, jf. Meld. St. 5 (2022–2023), vil gi viktige bidrag til å nå dei måla Noreg har sett for matproduksjon, klima, miljø, sysselsetjing og verdiskaping.

Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta er sentrale i å utvikle kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og bidra til berekraftig utvikling og omstilling gjennom forsking med høg kvalitet og relevans. Rekruttering til landbruksutdanninga trengst for at næringa skal ha tilgang til kompetanse og for å halde norsk forsking og innovasjon på eit høgt nivå.

Aktivt statleg eigarskap

Eigarskapsmeldinga til regjeringa, Meld. St. 6 (2022–2023) Eit grønare og meir aktivt eigarskap, syner korleis statleg eigarskap kan bidra til høgast mogleg avkasting og gode tenester, samstundes som selskapa driv ansvarleg og bidreg til det grøne skiftet. Det statlege eigarskapet skal utøvast meir aktivt for å fremje fellesskapen sine interesser knytt til klima og berekraft, løns- og arbeidsforhold, lokale ringverknader, verdiskaping i heile landet, læreplassar, kamp mot sosial dumping og moderasjon i leiarløningar.

Landbruks- og matdepartementet forvaltar eigarskap i tre selskap, Statskog SF, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Graminor AS. Statskog SF er det største av desse og det einaste som er heileigd av staten. Eigarskapet i desse selskapa har sektorpolitiske grunngivingar. For Statskog SF er grunngivinga for eigarskapet knytt opp mot energi- og naturressursar og fellesgode, mens det for Kimen Såvarelaboratoriet AS og Graminor AS er knytt opp mot samfunnstryggleik og beredskap.

Statskog SF kjøpte i 2022 AS Meraker Brug for 2,65 mrd. kroner. Eigedommen har store skog- og utmarksressursar. Gjennom eigarstyringa av, og eigardialogen med Statskog SF, vil departementet leggje vekt på at denne store investeringa skal bidra til nasjonal og lokal verdiskaping og auka tilbod av jakt og fiske gjennom berekraftig forvaltning av eigedommen.

Internasjonalt samarbeid

Dei store globale utfordringane med ustabile forsyningar og klima- og miljøkriser, krev eit forpliktande internasjonalt samarbeid.

Noreg har eit ansvar for å bidra til global matsikkerheit, både gjennom eigen produksjon og ved å støtte opp om internasjonalt arbeid på området. Regjeringa har dei globale berekraftsmåla som utgangspunkt for sitt internasjonale engasjement i dette arbeidet. Matsikkerheit er prioritert i utviklingspolitikken, både multilateralt og bilateralt.

Noreg er aktivt med i ei rekkje internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet. Mandatet for FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar.

Innanfor skogområdet deltek Noreg i skogforumet til FN (UNFF), som har sett mål for forvaltning av skogane i verda og legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt.

Noreg har vidare slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, mattryggleik, plante- og dyrehelse, skog, klima og forsking.

Regelverket på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Noreg deltek i WTO/SPS-avtalen, som regulerer medlemsstatane si moglegheit til å vedta tiltak for å verne om folke-, dyre- og plantehelse, og i dei standardsetjande organa Codex Alimentarius Commission (Codex), Verdas dyrehelseorganisasjon (WOHA) og i Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC).

Gjennom EØS-avtalen er det etablert eit omfattande harmonisert regelverk på matområdet, mellom anna for mat, dyr og innsatsvarer. Regelverket på matområdet utgjer ein stor del av regelverket som blir teke inn i EØS-avtalen.

2 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Budsjettets stilling per 1. halvår

Forslag 2024

15.00

Administrasjon m.m.

192 526

188 903

191 256

198 942

15.10

Matpolitikk

1 617 629

1 591 841

1 643 085

1 691 715

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

860 006

841 248

863 958

891 621

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

25 423 550

26 888 201

26 312 132

28 842 186

Sum programområde 15

28 093 711

29 510 193

29 010 431

31 624 464

Inntekter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Budsjettets stilling per 1. halvår

Forslag 2024

15.00

Administrasjon m.m.

313

135

135

141

15.10

Matpolitikk

211 931

212 397

214 697

218 729

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

19 446

19 915

19 915

20 935

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

350 126

334 974

344 974

375 584

15.40

Forretningsdrift

20 000

114 000

44 400

Sum programområde 15

581 816

587 421

693 721

659 789

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

1 979 852

1 998 716

2 178 196

9,0

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

8 027

14 771

15 904

7,7

50–89

Overføringar til andre

23 480 932

27 496 706

29 430 364

7,0

90–99

Utlån, statsgjeld o.a.

2 624 900

0,0

Sum under departementet

28 093 711

29 510 193

31 624 464

7,2

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

262 837

264 456

266 404

0,7

30–49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

19 746

19 915

20 935

5,1

50–89

Overføringar frå andre

299 233

303 050

362 450

19,6

90–99

Attendebetalingar o.a.

10 000

100,0

Sum under departementet

581 816

587 421

659 789

12,3

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

192 526

188 903

198 942

5,3

Sum kategori 15.00

192 526

188 903

198 942

5,3

Matpolitikk

1112

Veterinærinstituttet

104 355

106 696

113 008

5,9

1115

Mattilsynet

1 513 274

1 485 145

1 578 707

6,3

Sum kategori 15.10

1 617 629

1 591 841

1 691 715

6,3

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

1136

Norsk institutt for bioøkonomi

248 552

253 743

271 785

7,1

1137

Forsking og innovasjon

611 454

587 505

619 836

5,5

Sum kategori 15.20

860 006

841 248

891 621

6,0

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

57 629

52 286

59 438

13,7

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

28 099

31 366

33 355

6,3

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

86 357

82 590

85 590

3,6

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

12 539

12 947

12 475

-3,6

1142

Landbruksdirektoratet

1 516 769

2 125 834

1 003 018

-52,8

1148

Naturskade – erstatningar

40 882

89 400

140 400

57,0

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

117 081

111 969

113 646

1,5

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

20 723 348

24 082 359

26 989 280

12,1

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

191 998

180 000

200 000

11,1

1152

Bionova

87 540

171 184

95,5

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

23 948

31 910

33 800

5,9

1162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

2 624 900

0,0

Sum kategori 15.30

25 423 550

26 888 201

28 842 186

7,3

Sum programområde 15

28 093 711

29 510 193

31 624 464

7,2

Sum utgifter

28 093 711

29 510 193

31 624 464

7,2

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

313

135

141

4,4

Sum kategori 15.00

313

135

141

4,4

Matpolitikk

4115

Mattilsynet

211 931

212 397

218 729

3,0

Sum kategori 15.10

211 931

212 397

218 729

3,0

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

4136

Norsk institutt for bioøkonomi

19 446

19 915

20 935

5,1

Sum kategori 15.20

19 446

19 915

20 935

5,1

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

4 662

4 071

4 071

0,0

4142

Landbruksdirektoratet

46 231

47 853

50 463

5,5

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

50

50

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

299 233

283 000

321 000

13,4

Sum kategori 15.30

350 126

334 974

375 584

12,1

Forretningsdrift

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

10 000

100,0

5652

Statskog SF – renter og utbytte

20 000

34 400

72,0

Sum kategori 15.40

20 000

44 400

122,0

Sum programområde 15

581 816

587 421

659 789

12,3

Sum inntekter

581 816

587 421

659 789

12,3

Bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49.

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2023

Forslag 2024

1100

21

Spesielle driftsutgifter

5 029

15 988

1137

70

Innovasjonsaktivitet m.m.

2 920

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

198

1 415

1139

70

Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante og skogtregenetiske ressursar

7 500

7 457

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

806

9 140

1140

21

Spesielle driftsutgifter

1 519

32 683

1140

71

Tilskott til viltformål

747

39 778

1141

23

Jegerprøve m.m.

136

4 071

1142

71

Tiltak for berekraftig reindrift

42

5 286

1142

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

1 618 032

250 000

1142

78

Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald

75 520

34 000

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

12 264

54 223

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

19 906

55 852

1150

21

Spesielle driftsutgifter

6 966

10 200

1150

70

Marknadstiltak

2 722

341 140

1150

74

Direkte tilskott

16 906

16 139 630

1150

77

Utviklingstiltak

6 722

346 470

1150

78

Velferdsordningar

14 302

1 914 969

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

9 293

121 850

1151

79

Velferdsordningar

665

4 300

3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Tabell 3.1 viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet.

I kolonne 4 i tabellen nedanfor går det fram om departementet legg opp til at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering blir avslutta (Ja/Nei)

2022–2023

928

Oppheve lov om endring av jordlova

Nei

2022–2023

868

Overgang frå kronetoll til prosenttoll

Ja

2022–2023

867

Bruk av kart i tilskottsystemet

Nei

2022–2023

866

Strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon

Nei

2022–2023

702

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Nei

2022–2023

701

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Nei

2022–2023

700

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Nei

2022–2023

545

Donasjon av overskottsmat til velgjerande formål frå cruiseskip og skipshandlarar

Nei

2022–2023

519

Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog

Nei

2022–2023

348

Maksimalgrensa for rett til straumstøtte

Ja

2021–2022

836

Overgang frå kronetoll til prosenttoll

Ja

2021–2022

799

Oppdatering av jordvernstrategien

Ja

2021–2022

754

Bransjeavtalar for biogassproduksjon

Nei

2021–2022

381

Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap

Nei

2021–2022

382

Dyrevelferda i svinenæringa

Nei

2021–2022

383

Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd

Nei

2021–2022

384

Alternativ til CO2-bedøving av dyr

Nei

2021–2022

35 – nr. 29

Inntektsgap

Nei

2020–2021

1134

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Nei

2016–2017

878

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Ja

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023

Oppheve lov om endring av jordlova

Vedtak nr. 928, 16. juni 2023:

Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å oppheve lov om endring av jordlova (oppheve forbudet mot nydyrking av myr)

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 118 S (2022–2023), jf. Innst. 490 S (2022–2023).

Regjeringa vil følgje opp vedtaket gjennom ein ordinær lovprosess. Eit forslag til endringslov vil bli lagt fram for Stortinget.

Overgang frå kronetoll til prosenttoll

Vedtak nr. 868, 16 juni 2023:

Stortinget ber regjeringen sikre norsk matberedskap og norsk matproduksjon gjennom et velfungerende tollvern, og at regjeringen i statsbudsjettet for 2024 går fra krone- til prosenttoll for enkeltprodukt for å sikre dette.

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 121 S (2022–2023), jf. Innst. 487 S (2022–2023).

Regjeringa gjer framlegg om overgang frå kronetoll til prosenttoll for heil issalat, kålrot, knollselleri og raudbetar i samband med framlegging av statsbudsjettet for 2024. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 868, 16. juni 2023 med dette er følgt opp.

Bruk av kart i tilskottssystemet

Vedtak nr. 867, 16. juni 2023:

Stortinget ber regjeringen, i dialog med faglagene, utrede hvordan bruk av datakart kan sikre høyere presisjon i tildeling av tilskuddsmidler og målrette arealtilskudd mot arealer som ligger brakk, som for eksempel et teigbasert tilskudd. Utredningen skal være klar før de ordinære jordbruksforhandlingene i 2024.

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 121 S (2022–2023), jf. Innst. 487 S (2022–2023). Både bruk av kart og målretting av tilskott mot særskilde teigar har vore utgreidd tidlegare, og Landbruksdirektoratet skal greie ut denne problemstillinga fram mot jordbruksforhandlingane 2024.

Strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon

Vedtak nr. 866, 16. juni 2023:

Stortinget ber regjeringen, i dialog med faglagene, legge fram en strategi for økt selvforsyning og trygg matproduksjon basert på norske ressurser, og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med statsbudsjettet.

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 121 S (2022–2023), jf. Innst. 487 S (2022–2023).

I regjeringa si politiske plattform heiter det at «Regjeringen vil leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent».

Noreg har i dag høg sjølvforsyning av husdyrprodukt og relativt låg sjølvforsyning av energirike plantevekstar. Å auke sjølvforsyninga handlar for norsk landbruk difor først og fremst om å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og fôr, og å styrkje konkurransekrafta mot import. I tillegg viser fleire rapportar at ein kraftig auke i sjølvforsyningsgraden er avhengig av endringar i kosthaldet i retning plantevekstar til mat som kan produserast i Noreg.

Regjeringa har sidan den tiltredde arbeidd for å auke sjølvforsyninga, mellom anna gjennom tilleggsforhandlingar og jordbruksoppgjer, og vil invitere faglaga i løpet av hausten 2023 til vidare dialog om ein strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon. Regjeringa vil komme tilbake med konkretisering av strategien slik at den kan handsamast av Stortinget før jordbruksoppgjeret 2024.

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Vedtak nr. 702, 25 mai 2023:

«Stortinget ber regjeringen sikre at Mattilsynet i større grad anmelder alvorlige brudd på dyrevelferdsloven.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023).

Mattilsynet har styrkt arbeidet med dyrevelferdskriminalitet og ferdigstilt retningsliner for samarbeid mellom politiet og Mattilsynet. Tal på meldingar til politiet har auka dei siste åra, og dette vil bli følgt opp vidare framover. Temaet vil òg inngå i arbeidet med dyrevelferdsmeldinga.

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Vedtak nr. 701, 25 mai 2023:

«Stortinget ber regjeringen sikre at dyreeiere som ikke etterkommer pålegg fra Mattilsynet etter alvorlige og gjentatte brudd på dyrevelferdsloven, lettere fratas retten til å drive med husdyrhold.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023).

Oppfølging av kronisk dårlege dyrehald har vore eit prioritert område for Mattilsynet dei siste åra, og retningsliner for oppfølging av desse dyrehalda er reviderte. Departementet har motteke fleire innspel om tilsynet sin verkemiddelbruk, og temaet vil inngå i arbeidet med dyrevelferdsmeldinga.

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Vedtak nr. 700, 25 mai 2023:

«Stortinget ber regjeringen fremme lovforslag om å inkludere dyrevelferdsloven § 37 i opplistingen i straffeprosessloven § 216 b første ledd bokstav b.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023).

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Dyrevelferdskriminalitet og strafferamma etter dyrevelferdslova vil vere ein del av meldinga.

Donasjon av overskottsmat til velgjerande formål frå cruiseskip og skipshandlarar

Vedtak nr. 545 av 23 mars 2023:

«Stortinget ber regjeringen avklare om handlingsrommet for donasjon av overskuddsmat til veldedige formål fra cruiserederier og skipshandlere mv. reelt begrenses av EU/EØS-regler, og avstemme regelverket i Norge med EU-land, med forbehold om at norske veterinærmyndigheter anser dette som forsvarlig.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av dokument 8:116 S (2022–2023), jf. Innst. 220 S (2022–2023).

Regjeringa arbeider med å vurdere om det er handlingsrom innanfor regelverket for donasjon av overskottsmat frå cruiserederi og skipshandlarar, og om eventuell donasjon kan reknast som forsvarleg innanfor dei folke- og dyrehelsemessige rammene i regelverket.

Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog

Vedtak nr. 519, 14. mars 2023:

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen har tilstrekkelig kvalitet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2022–2023), jf. Innst. 191 S (2022–2023).

Landbruks- og matdepartementet gav i brev av 9. mai 2023 Landbruksdirektoratet i oppdrag å setje i gang ein feltkontroll som eit ledd i oppfølginga av oppmodingsvedtaket. Vidare har direktoratet utarbeidd eit opplegg for å evaluere miljøregistreringane, og er i ferd med å starte opp feltkontrollen.

I tillegg vil Landbruksdirektoratet gå gjennom fleire andre element knytte til metoden for innsamling, registrering og kontroll. Forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vil gå gjennom kunnskapsgrunnlaget bak registreringsopplegget. Departementet vil komme tilbake til Stortinget når gjennomgangen er utført.

Maksimalgrensa for rett til straumstøtte

Vedtak nr. 348, 19. desember 2022:

«Stortinget ber regjeringen videreføre maksimalgrensen for støtteberettiget forbruk i den midlertidige strømstøtteordningen for primærprodusenter i jordbruket på 60 000 kWt per måned per foretak ut andre kvartal 2023.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2022–2023), jf. Innst. 8 S (2022–2023).

Regjeringa auka frå og med oktober 2022 maksimalgrensa for forbruk med rett til stønad i den midlertidige straumstønadsordninga for primærprodusentar i jordbruket frå 20 000 kWt per føretak per månad, til 60 000 kWt. Auken gjaldt i første omgang for månadene oktober, november og desember 2022, men ordninga er no endra slik at grensa på 60 000 kWt blir ført vidare. Regjeringa har vedteke å føre vidare straumstønadsordninga for primærprodusentar i jordbruket, veksthus og vatningslag ut 2024. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 348, 19. desember 2022, med dette er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2021–2022

Overgang frå kronetoll til prosenttoll

Vedtak nr. 836, 17. juni 2022:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2023 vurdere overgang fra kronetoll til prosenttoll, blant annet for tollinjene storfe, svin, sau, lam og potet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022, jf. Innst. 450 S (2021–2022).

Regjeringa gjorde ikkje framlegg om omlegging frå kronetoll til prosenttoll for landbruksvarer i samband med framlegging av statsbudsjettet for 2023. Regjeringa viser til vedtak nr. 868 i innstilling 487 S (2022–2023). Departementet vurderer at vedtak nr. 836, 17 juni 2022 blir følgt opp vidare gjennom vedtak nr. 868, 16 juni 2023, og viser til rapporteringa på dette vedtaket.

Oppdatering av jordvernstrategien

Vedtak nr. 799, 14. juni 2022:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en ny jordvernstrategi våren 2023. Strategien skal inneholde et nytt og skjerpet mål for omdisponering av matjord og nye, konkrete tiltak for å nå målet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:234 S (2021–2022), jf. Innst. 358 S (2021–2022). Ny jordvernstrategi blei lagt fram for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.). Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Målet skal vere nådd innan 2030. Strategien inneheld nye, konkrete tiltak for å nå dette målet. Regjeringa vil følgje opp den nye strategien. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 799, 14. juni 2022 med dette er følgt opp.

Bransjeavtalar for biogassproduksjon

Vedtak nr. 754, 10. juni 2022:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å opprette bransjeavtaler med landbruket og fiskeri- og havbruksnæringen med mål og tiltak for å øke leveransen av råstoff til biogassproduksjon. Klyngesamarbeid på tvers av bionæringene vil spille en viktig rolle i dette arbeidet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 36 (2020–2021) og Meld. St. 11 (2021–2022), jf. Innst. 446 S 2021–2022. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap

Vedtak nr. 381, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen legge fram en dyrevelferdsmelding som bygger på oppdatert kunnskap om dyrevelferd med utgangspunkt i faglige og faktiske forhold. Meldingen bør se faglig og politisk på problemstillinger knyttet til dyrehold, og gi oversikt over det vi gjør bra i dag, og om det er noe som kan gjøre annerledes og bedre i framtida. Det er sammenheng mellom menneskevelferd og dyrevelferd. Meldingen bør omtale dette.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024.

Dyrevelferda i svinenæringa

Vedtak nr. 382, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Departementet har motteke ei rekkje innspel på området, og desse temaa vil vere ein del av arbeidet.

Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd

Vedtak nr. 383, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023. Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:
  • å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.

  • å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.

  • å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.

  • å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.

  • å greie ut korleis grisar kan sikrast betre tilgang til uteareal, til dømes gjennom tilskots- eller merkeordningar, eventuelt gjennom endringar i lovverket.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024, og desse temaa vil bli nærare vurderte i samband med stortingsmeldinga. Departementet har halde fleire møte med innspel om aktuelle tema, og motteke ei rekkje innspel på området.

Alternativ til CO2-bedøving av dyr

Vedtak nr. 384, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert forska på alternativ til CO2-bedøving av dyr i slakteri og kverning av hanekyllingar (maserasjon), med mål om at det vert innført betre metodar for avliving, og at det på sikt kan innførast eit forbod mot dagens praksis.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022).

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet vil saman utarbeide ei stortingsmelding om dyrevelferd. Metodar for avliving av dyr kjem innanfor ramma av ei slik stortingsmelding. Når det gjeld metodar for avliving av dyr, er desse regulerte i eit EØS-harmonisert regelverk. Regelverket blir basert på den til ein kvar tid tilgjengelege kunnskapen i EØS-området.

Inntektsgap

Vedtak nr. 35, vedtakspunkt 29, 2. desember 2021:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Inntektsgapet skal tettes uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Grytten-utvalet fekk utsett frist for å leggje fram sitt arbeid til 1. oktober 2022, og rapporten blei deretter sendt på høyring.

Det er naudsynt å innarbeide avgrensingar og føresetnader for eit nivåmål for inntektssamanlikning. Gryttenutvalet føreslo ein operativ måte å innarbeide avgrensingar og føresetnader på. Rapporten har vore på høyring. Regjeringa arbeider for å få fram saka så fort det er forsvarleg.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2020–2021

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Vedtak nr. 1134, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen gjøre en utredning med sikte på å avklare definisjonen av begrepet «kunstig lys» i viltloven, og hvilke prinsipper som bør legges til grunn for en ny bestemmelse om dette i viltloven, i forbindelse med det pågående arbeidet med modernisering av viltloven.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 L (2020–2021), jf. Innst. 604 L. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å gå gjennom og modernisere viltlova. Arbeidet inneber ein revisjon av heile lova, noko som òg gjeld reglane om bruk av kunstig lys i samband med jakt og fangst. Departementet vil komme attende til Stortinget med eit lovforslag.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Vedtak nr. 878, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensen av en videre liberalisering av konsesjons- plikten utover de lovmessige endringer som nå vedtas for rene skogeiendommer.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 92 L (2016–2017), jf. Innst. 427 L (2016–2017). I Meld. St. 15 (2020–2021) la departementet til grunn at det var for tidleg å fastslå kva for følgjer endringane frå 2017 hadde på eigedoms- og bruksstrukturen, og at det difor heller ikkje var grunnlag for å føreslå ytterlegare liberalisering av regelverket.

I Prop. 1 S (2021–2022) viste departementet til at det har gått ei tid, og at det no er grunnlag for å sjå kva for følgjer endringane har ført til. Landbruksdirektoratet har i rapport 4/2023 frå mars 2023 på oppmoding frå departementet, evaluert endringane som blei vedtekne i 2017. Evalueringa omfattar både endringane i arealgrense ved overtaking av eigedom med bygningar, og endringa av reglane om priskontroll ved overtaking av reine skogeigedommar.

Evalueringa viser at konsekvensane som er klarlagde, er samansette. Dei gir verken klåre svar på om det er tenleg å liberalisere konsesjonsplikta meir enn det som blei vedteke i 2017, tenleg å oppretthalde reglane slik dei er i dag, eller om det er grunnlag for å reversere endringane. Opplysningane i rapporten tyder på at det har vore ein generell auke i omsetjinga av landbrukseigedommar frå perioden 2013 til 2016 og til perioden 2018 til 2021. Omsetjinga av reine skogeigedommar har samla gått noko ned etter lovendringane i 2017. For reine skogeigedommar med bygning og meir enn 500 dekar produktiv skog som tidlegare var underlagde priskontroll, har omsetjinga auka mykje i det same tidsrommet.

Som oppfølging av Hurdalsplattforma arbeider departementet med eventuelle endringar i lovgivinga, og vil i samband med dette arbeidet kunne komme tilbake til Stortinget med ei meir nyansert framstilling av dei spørsmåla evalueringa reiser. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 878, 13. juni 2017 med dette er følgt opp.

Til forsida