Del 2
Budsjettframlegg
4 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 192 526 | 188 903 | 198 942 | 5,3 |
Sum kategori 15.00 | 192 526 | 188 903 | 198 942 | 5,3 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 313 | 135 | 141 | 4,4 |
Sum kategori 15.00 | 313 | 135 | 141 | 4,4 |
Mål og strategiar
Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Departementet har som mål at forvaltninga skal vere effektiv. Det inneber at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvenlege løysingar og vere kjenneteikna av god kvalitet og tillit, i tillegg til å ha gode system for samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del III av proposisjonen.
Organisering
Departementet har ansvaret for fire underliggjande verksemder, der departementet har det overordna administrative ansvaret og budsjettansvaret. I tillegg har departementet ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på området haustbare viltressursar.
Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Miljødirektoratet er ordinære statlege forvaltningsorgan og er bruttobudsjetterte. Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet er forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og dei er nettobudsjetterte. Institutta har i tillegg eige styre oppnemnt av departementet.
Prioriteringar
Regjeringa ønskjer å utvikle og fornye offentleg sektor gjennom ei tillitsreform. Med dette skal innbyggjarane i heile landet få offentlege tenester med betre kvalitet til rett tid. Landbruks- og matdepartementet sitt mål om ei effektiv forvaltning blir følgt opp gjennom forenkling og forbetring av organisering, prosessar, oppgåver og system, der det er potensial for dette. Denne forenklinga og forbetringa skal gi reduserte kostnader og betre tenester i framtida. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap både i departementet og i underliggjande verksemder vil òg vere viktig i 2024. Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 169 961 | 170 617 | 179 724 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 17 695 | 15 280 | 15 988 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 4 584 | 2 720 | 2 928 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 286 | 286 | 302 |
Sum kap. 1100 | 192 526 | 188 903 | 198 942 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Departementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Løyvinga dekkjer løns- og driftsutgifter i departementet.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 170,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Om lag 73 pst. av utgiftene var lønsrelaterte utgifter, mens om lag 19 pst. var relatert til husleige og lokale. Resten av løyvinga blei nytta til andre driftsutgifter, til dømes kjøp av IKT-utstyr og andre utgifter for drift og utvikling av IKT, reiser, kurs for tilsette og abonnement. Per 31. desember 2022 hadde departementet 121 utførte årsverk.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 179,7 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga blir nytta til særskilde prosjekt og utgreiingsutval med meir.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 17,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Dei prosjekta det blei brukt mest midlar på var kampen mot skrantesjuke (CWD) i regi av Mattilsynet, IKT-prosjekt i Landbruksdirektoratet, møte i Nordisk formannsskap og kampanje for mat og måltidsbransjen.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16,0 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta til særskilde prosjekt og utgreiingar, mellom anna tiltak mot skrantesjuke.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer investeringar i departementet og utgifter til vedlikehald av eigedommane til departementet. Løyvinga dekkjer òg delvis finansiering av investeringar i underliggjande verksemder og utgifter/arbeid i samband med sal og taksering av eigedommar.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 4,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Midlane blei i all hovudsak nytta til større oppgraderingar og vedlikehald ved dei mange eigedommane som departementet eig. Departementet sine eigedommar er fordelte på alle landsdelar, og mange av dei er viktig infrastruktur for landbruksforsking rundt om i Noreg. I tråd med Landbruks- og matdepartementet sin Prop. 1 S (2021–2022), kan departementet overskride løyvinga på posten ved sal av eigedom avgrensa opp til 25 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,9 mill. kroner, som vil bli nytta til naudsynt vedlikehald og utbetringar ved eigedommane som departementet eig. Posten kan overskridast ved sal av statleg eigedom, jf. framlegg til vedtak II.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer delfinansiering av innkjøp og vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet. Posten må sjåast i samanheng med post 45.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 286 000 kroner. Løyvinga blei tildelt Norsk institutt for bioøkonomi, som sørgde for naudsynt vedlikehald og drift av departementet sin eigedom Løken i Øystre Slidre.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Refusjonar m.m. | 13 | 135 | 141 |
40 | Sal av eigedom | 300 | ||
Sum kap. 4100 | 313 | 135 | 141 |
Formål med løyvingane
På kapitelet blir det ført tilfeldige inntekter, refusjonar og inntekter ved sal av eigedom.
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
1112 | Veterinærinstituttet | 104 355 | 106 696 | 113 008 | 5,9 |
1115 | Mattilsynet | 1 513 274 | 1 485 145 | 1 578 707 | 6,3 |
Sum kategori 15.10 | 1 617 629 | 1 591 841 | 1 691 715 | 6,3 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
4115 | Mattilsynet | 211 931 | 212 397 | 218 729 | 3,0 |
Sum kategori 15.10 | 211 931 | 212 397 | 218 729 | 3,0 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og løyving til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå òg nærare omtale av Veterinærinstituttet i Prop. 1 S (2023–2024) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova, dyrehelsepersonellova, husdyravlslova og planteforedlarlova. Ein del av dette arbeidet har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg arbeidet til Mattilsynet for å nå måla i kosmetikklova.
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.
Hovudmåla på det matpolitiske området er
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er føresetnader for at forbrukarane skal kunne ta informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og kontroll, blir fastsette og følgde opp på ein slik måte at det ikkje oppstår unødige konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonale standardar. Det er viktig for å sikre at varene vi importerer er trygge og oppfyller krava frå forbrukarane. Det er òg viktig for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande innan overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg for sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er naudsynt, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission som er FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (WOAH), Den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC) og Den internasjonale vinorganisasjonen (OIV). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i avtaleverket om mattryggleik og matkvalitet, helse og miljø under Verdshandelsorganisasjonen WTO (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.
Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i regelverksutviklinga under Europakommisjonen, der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. Ved større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet for den europeiske union, arbeider regjeringa inn mot desse organa for å fremje norske synspunkt.
Mattilsynet er ein sentral offentleg aktør i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, offentleg kontroll, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (European Food Safety Authority – EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2023–2024) frå Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 745.
God fagleg beredskap, kunnskapsutvikling og formidling er viktig for å nå matpolitiske mål og for å sikre kunnskapsbasert forvaltning. Her har Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Folkehelseinstituttet viktige roller.
Mattilsynet arbeider kontinuerleg med å gjennomføre tiltak for å betre forvaltningskvaliteten i heile verksemda. Meir målretta og effektivt tilsyn og kontroll skal bli nådd ved meir brukarorientering i tilbodet av betre og fleire digitale tenester og betre dialog med næringsaktørane.
Prioriteringar
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Situasjonen i Noreg er god samanlikna med andre land for førekomst av matboren sjukdom. Det er naudsynt med kontinuerleg innsats for å halde oppe god mattryggleik. Arbeidet for trygg mat må stadig tilpassast nye trendar, endra klimatiske forhold og utviklinga i den globale matvaremarknaden og forsyningskjedene. Endringane kan skape nye moglegheiter, som til dømes at nye ressursar kan nyttast til mat, fôr og gjødsel, men òg nye truslar, slik som auka fare for utvikling av antibiotikaresistens eller overføring av sjukdom frå dyr til menneske.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge. Regelverket og kontrollen skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat og drikkevatn.
Det er verksemdene som har ansvaret for å etterleve regelverket slik at maten er trygg, og for å sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Det er særleg viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lettskjemd mat eller handterer mat som ikkje er innpakka.
Kvaliteten på drikkevatnet i Noreg er generelt god, men mange vassforsyningssystem er sårbare på grunn av gamle leidningsnett som er utsette for lekkasjar. Enkelte stader er det dessutan ikkje god nok sikring av vassforsyninga. I mange tilfelle trengst det difor auka innsats frå vassverka for å sikre trygg vassforsyning i framtida.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjende infeksjonar som har auka hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å ta vare på den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand hos menneske og dyr.
Overvaking av inntaket av næringsstoff og framandstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere inntaksdata om kor mykje folk et av ulike matvarer, og data om innhaldet av næringsstoff og framandstoff i matvarene. I dette samarbeidet blir Matvaretabellen med opplysningar om innhald av næringsstoff i matvarer utvida og forbetra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om miljøforureiningar eller andre uønskte stoff i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet av framandstoff i fisk, landdyr og planter. Dette er nærare omtalt under kap. 1115 og i del III.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2023–2024) frå Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak hos helsestyresmaktene. Arbeidet med å leggje til rette for eit kosthald som er i samsvar med kostråda, blir følgt opp av mange aktørar. Mattilsynet har ei viktig rolle i dette arbeidet, særleg for regelverk og tilsyn knytt til merking av mat, til dømes om ingrediensar og allergen, næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og anna frivillig sunnheitsmerking slik som Nøkkelhòlet. Nøkkelhòlet gir forbrukarane betre informasjon om matvarer som kan bidra til eit sunnare kosthald. Rett merking er viktig for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og handtere maten rett.
Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta, men det er òg enkelte særskilde nasjonale reglar, til dømes for sjømat. Regjeringa følgjer aktivt opp Europakommisjonens arbeid med revidering av matinformasjonsforordninga der både opphavsmerking, datomerking, forside ernæringsmerking og merking av alkoholhaldige drikkevarer er sentrale tema.
EU er no i gang med å etablere maksimumsgrenser for vitamin og mineral i mat. Dette arbeidet blir følgt tett for å vareta norske forbrukarar.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).
Noreg har generelt god plantehelse, men aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar. Tilsyn med importørane sine kontrollrutinar er difor viktig.
Regjeringa vil leggje vekt på å hindre at hjorteviltsjukdommen skrantesjuke, chronic wasting disease (CWD), får fotfeste i Noreg. Den omfattande kartlegginga vil bli ført vidare for å få best mogleg oversikt over situasjonen. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella, følgje opp vedteken handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke.
Feil og for mykje bruk av antibiotika til folk og dyr har globalt ført til ein vesentleg auke av motstandsdyktige bakteriar som utgjer eit alvorleg helsetrugsmål. Regjeringa er svært merksam på dette, og vil utarbeide ein ny tverrsektoriell strategi mot antibiotikaresistens som skal avløyse strategien som gjaldt for 2015–2020 og som blei forlenga grunna pandemien. Ei regjeringsoppnemnd ekspertgruppe har levert rapporten Antibiotikaresistens: Kunnskapshull, utfordringar og aktuelle tiltak – Status 2020. Denne skal danne grunnlaget for regjeringa sitt vidare strategiarbeid, og sektorvise handlingsplanar. Aktiv deltaking i internasjonale forum er viktig for å bidra til ansvarleg bruk av antibiotika og utvikling av nye antibiotika, vaksinar og betre diagnostiske hjelpemiddel.
Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2022 redusert med 30 pst. målt i kilo aktivt stoff, mens salet av antibiotika til hund og katt er redusert med 28 pst. Data rapportert for perioden 2015–2022 viser ein reduksjon på 39 pst. i salet av antibakterielle humanpreparat til hund og katt. Mengda antibakterielle middel som har blitt seld til oppdrettsfisk held seg stabilt på eit lågt nivå. I 2022 blei 1,9 pst. av sjølokalitetane for laks og regnbueaure behandla med antibiotika.
Evna til å løyse utfordringane med sjukdommar i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom, inkludert lakselus, er òg viktig for å sikre god velferd, minke smittepresset i miljøet og redusere bruk og utslepp av medikament. Svinnet frå produksjon i oppdrettsnæringa er framleis høgt, og det blir arbeidd for å redusere dette tapet.
Trafikklyssystemet for havbruksnæringa har til formål å justere produksjonskapasiteten innanfor dei ulike produksjonsområda langs kysten, basert på korleis lakselus påverkar villaksen i området.
Oppfølging og utvikling av dette systemet vil bli prioritert. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr er viktig. Det trengst auka merksemd både på hald av produksjonsdyr (inkludert fisk) og kjæledyr. Utvikling av kunnskap om korleis avlstiltak og ulike driftsformer påverkar dyrevelferda, er òg viktig.
Dyrevelferda i Noreg er gjennomgåande god, sjølv om det òg er utfordringar. Systematisk arbeid med dyrevelferdsprogram for dei fleste produksjonar inkluderer regelmessig veterinærbesøk og kontroll på slakteria. Utvida sjukdomsregistrering i kjøttkontrollen, matkjedeinformasjon og helseregistreringssystem er døme på slike kontrollsystem. Dermed vil teikn på negativ utvikling bli raskare avdekt, og tidlege tiltak for å sikre dyrevelferda kan setjast inn i husdyrproduksjonane. Mattilsynet gjennomfører i tillegg omfattande tilsynskampanjar for å kunne setje i verk ytterlegare forbetringstiltak der det er naudsynt. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna med landbruket sine HMS-tenester og slakteria, bidreg òg til at vanskjøtte dyrehald kan bli oppdaga tidleg.
Verkemidla for å fremje dyrevelferd er styrkte dei seinare åra, mellom anna gjennom innføring av eit administrativt gebyr ved enkelte brott på regelverket. Mattilsynet har inngått ein samarbeidsavtale med politiet og det er etablert dyrekrimeiningar i heile landet.
Regjeringa har starta arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding. Meldinga skal omhandle alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova, inkludert fisk. Arbeidet vil ha merksemd på velferd og føresetnader for alt dyrehald i Noreg og velferda for ville dyr, noko regjeringa prioriterer høgt. Meldinga vil ta for seg utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon og havbruk, og også omtale ny kunnskap om dyrevelferd. Våre næringar treng gode rammevilkår med føreseielegheit og langsiktigheit, og at ulike omsyn er rett balansert. Meldinga vil òg ta stilling til utvikling av regelverk i EU som vil vere relevant for Noreg.
Andre omsyn
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at han blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på tryggleiken til produkta som blir eksporterte. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda og å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten. Arbeidet med å forhandle fram avtalar (MoUer) med andre land og forhandlinger om krav i helsesertifikat i land utanfor EØS-området er ein sentral del av Mattilsynets oppgåver for å leggje til rette for eksport av sjømat, men òg for landbruksprodukt.
Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna ved den aukande eksporten av avlsprodukt frå husdyr. Marknadstilgang til utlandet er òg viktig for ein del andre landbruksprodukt.
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse, både for kvar enkelt og for folkehelsa, når fram til forbrukarane på ein tenleg måte. I tillegg må arbeidet for å leggje til rette for eit sunnare kosthald vere basert på kva mat forbrukar ønskjer, men òg på matglede og god matkvalitet. Mange er òg opptekne av kvar maten kjem frå og korleis han blir produsert.
Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, leggje til rette for gode mat- og måltidsvanar i barnehagar, skular/SFO og hos eldre, og verne barn og unge mot marknadsføring av usunn mat og drikke, jf. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Regjeringa vil òg vurdere tiltak for å avgrense inntaket av energidrikk. Sjå nærare omtale av folkehelsearbeidet i Prop. 1 S (2023–2024) frå Helse- og omsorgsdepartementet. Innsatsen må òg sjåast i samanheng med å følgje opp tiltak i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening og strategien Matnasjonen Norge, òg regjeringa sin ambisjon om å gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid.
Matportalen.no presenterer forbrukarretta informasjon frå offentlege styresmakter om sunn og trygg mat.
I arbeidet med å utvikle og synleggjere Matnasjonen Norge, er mat- og måltidsglede ein del av dette. Det er eit sektorovergripande område som omhandlar mellom anna helse, ivaretaking av mattradisjonar, brukarinvolvering, berekraftig anskaffing av mat og drikke og lokale arbeidsplassar.
Matglede for eldre på institusjonar har spesielt fått mykje merksemd mellom anna gjennom prosjekta Gylne Måltidsøyeblikk og Matgledekorpsene. I 2023 er det kommunar i Møre- og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark som blir inspirerte av Matgledekorpsene. Det er stor interesse for å dette arbeidet og både digitale og fysiske møteplassar blir tekne i bruk. Mange av dei gode eksempla blir samla på heimesida Matgledekorpset.no, og det er utvikla eit eige lågterskel e-læringskurs. Tiltaket er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og dei involverte statsforvaltarembeta.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling i produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.
Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Det er aukande merksemd nasjonalt og internasjonalt på utvikling av berekraftige matsystem. Mellom anna la EU i 2020 fram sin Farm to Fork-strategi for eit berekraftig, sunt og rettferdig matsystem som ein del av Europas grøne giv. FN heldt hausten 2021 ein verdskonferanse om matsystem som eit ledd i arbeidet med skape framgang for dei 17 berekraftsmåla fram mot 2030, som alle til ei viss grad er knytte til sunnare, meir berekraftige og rettferdige matsystem. Konferansen blei følgt opp med ein ny konferanse i 2023 der status og videre arbeid blei diskutert. Begge desse initiativa vil òg ha verknad på matpolitikken i Noreg. Regjeringa vil følgje initiativa og utvikle relevante norske tiltak også innanfor matområdet.
Matproduksjon kan ha påverknad på klima og tap av naturmangfald. Samstundes vil klimaendringane kunne påverke norsk matproduksjon, både på kort og lang sikt, gjennom reduserte og mindre stabile avlingar, svakare og meir uviss produktivitetsutvikling og auka førekomst av skadegjerarar og sjukdommar i planteproduksjon og husdyrhald. Noreg må førebu seg på å møte dei utfordringane klimaendringar fører til for det norske matsystemet.
Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FN sitt berekraftmål om å halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Bransjeavtalen om redusert matsvinn frå 2017 dannar grunnlag for samarbeid mellom styresmakter og alle ledd i matverdikjeda om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Landbruksdirektoratet fekk i 2023 i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om årsaker til matsvinn og føreslå tiltak for å redusere matsvinnet innanfor grøntsektoren sitt primærledd. Det skal leverast rapport til jordbruksoppgjeret 2024. I 2023 blei det òg sett ned eit utval som skal utgreie tiltak for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030. Utvalet skal mellom anna komme med eit forslag til matkastelov, og skal levere sin rapport innan utgangen av 2023.
Det vil bli arbeidd med å redusere bruk og risiko for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel, i tråd med gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. I dette arbeidet er det viktig med integrert plantevern, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Godt samarbeid mellom næringa, rådgivingstenesta, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter er sentralt for å kunne nå måla i handlingsplanen.
Regjeringa tek utgangspunkt i at berekraftig havbruk vil bidra til at mat frå havet blir ei viktig kjelde til matsikkerheit og ernæring og slik kan bidra til å oppfylle FN sitt berekraftsmål. Skal Noreg lukkast som havbruksnasjon framover, må vi mellom anna sikre god marknadstilgang og finne løysingar på berekraftsutfordringar. Her speler berekraftig fôr, god fiskehelse og -velferd ei nøkkelrolle.
Ytterlegare omtale av arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon finst under kat. 15.30.
I Prop. 1 S (2023–2024) frå Nærings- og fiskeridepartementet er sjømat omtalt.
Lov om forsvarleg hundehald (Hundelova)
Landbruks- og matdepartementet vil arbeide vidare med forskrifter under lova. Arbeid med rettleiing av kommunar og hundehaldarar er òg i gang.
Forbodet mot særskilde hunderasar
Landbruks- og matdepartementet har, som nemnd i Prop. 85 L (2021–2022) om endringar i hundelova, gjort ei vurdering av om det er grunnlag for å endre forbodet mot særskilde hunderasar. Forbodet er nedfelt i forskrift om hundar (FOR-2004-08-20-1204). Forbodet har vore gjeldande sidan 2004, og omfattar fem hunderasar; Pitbullterrier, Amerikansk Staffordshire Terrier, Fila brasileiro, Toso inu og Dogo argentino.
Hunderasar blir forma gjennom selektert avl, kor hundane sine eigenskapar blir spesialisert gjennom ein utveljingsprosess. På dette viset har menneske fått fram ulike eigenskapar hos hundar – både fysiske og mentale. Sjølv om det er store individuelle forskjellar innan ulike hunderasar, er det semje om at hundar av ein viss storleik, med sterk kjevemuskulatur og kraft, har eit større skadepotensiale enn andre hundar. Dette er krevjande hundar som krev særleg kompetanse for å bli handtert på ein hensiktsmessig måte. Når nokre hunderasar har eit større skadepotensial inneber hald av desse hundane ein større risiko samanlikna med andre hunderasar. Alle hundar kan reagere med å bite dersom dei blir sette i ein stressande situasjon. Skadepotensialet til hunden vil her vere avgjerande for kva for risiko hald av hunden inneber. Denne risikoen blei vurdert til å vere uforholdsmessig stor for dei rasane som er omfatta av forbodet. Erfaringar frå tida då slike hundar var tillatne, og erfaringar frå andre land, er at slike hundar kan bli brukte som våpen eller vern. Dette inneber ein sikkerhetsrisiko for menneske og eit dyrevelferdsproblem. Omsynet til å motverke dei negative effektane som kan oppstå ved å oppheve raseforbodet, veg tyngre enn omsynet til dei miljøa som ønskjer å halde ein av dei forbodne hunderasane som familehundar. Departementet har difor komme fram til at det er ønskeleg å vidareføre dagens situasjon, og at raseforbodet ikkje skal opphevast.
Kap. 1112 Veterinærinstituttet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap | 104 355 | 106 696 | 113 008 |
Sum kap. 1112 | 104 355 | 106 696 | 113 008 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap
Formål med løyvinga
Veterinærinstituttet (VI) er eit biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. Instituttet er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Verksemda arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. Instituttet har hovudkontor på Ås, og fem regionale kontor frå Sandnes i sør til Tromsø i nord.
Veterinærinstituttet skal innan områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og matvaretryggleik, vere den leiande kunnskapsleverandøren til forvaltninga.
VI har følgjande mål:
Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske
Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning
Delmål: God beredskap
Delmål: Konkurransekraftige bionæringar
Instituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik blir finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, og blir omtalt i Prop. 1 S (2023–2024) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Forsking er ein sentral del av verksemda til VI og er omtalt under kap. 1137.
Løyvinga på denne posten skal hovudsakeleg nyttast til:
Arbeid med kunnskapsutvikling, rådgiving, diagnostisk arbeid og laboratoriestøtte når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos landdyr og sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).
Bidrag til førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.
Kunnskapsformidling til næringa, fagpersonell og dyreeigarar.
Samarbeid med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 104,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. I internasjonal samanheng vurderer VI status for norsk landdyrhelse og mattryggleik som svært god.
VI sitt viktigaste kunnskapsgrunnlag for å uttale seg om situasjonen for norsk landdyrhelse er prøvene som blir undersøkte på grunn av sjukdom eller mistanke om sjukdom. Desse stammar hovudsakeleg frå overvakingsprogram som instituttet gjennomfører for Mattilsynet, Miljødirektoratet og i kontrolloppdrag for næringane. I 2022 undersøkte instituttet i alt 203 000 prøver. Om lag 31 700 av desse blei undersøkte på grunn av mistanke om, eller oppfølging av, meldepliktig sjukdom hos landdyr eller listeført sjukdom hos fisk. Talet prøver er om lag på same nivå som året før.
I 2022 var det svært mange beredskapssaker knytta til landdyr. Det var utbrott av høgpatogen aviær influensa (HPAI) både på villfugl og i kommersielt fjørfehald i Noreg. VI har bidrege med analysar og statusrapportar til forvaltning og næring. Sommaren 2022 blei fugleinfluensa for første gang påvist hos villfugl på Svalbard og Jan Mayen. I 2022 blei Storfetuberkulose påvist i Noreg for første gang sidan 1986 og Newcastlesjuke påvist for første gang i kommersielt fjørfehald.
I 2022 blei det undersøkt prøver frå om lag 17 600 hjortedyr for skrantesjuke (Chronic wasting disease), og det blei påvist fire nye tilfelle, eitt hos reinsdyr, to hos elg og eitt hos hjort. VI peikar på at observasjonar av denne sjukdommen hos nordisk elg og hjort tyder på at sjukdommen hos desse artane opptrer sporadisk, og så langt hos gamle dyr. Instituttet har i 2022 gitt råd til Mattilsynet og Miljødirektoratet i handteringa av sjukdommen.
Kunnskapsoppbygginga VI gjer gjennom forsking, oppklaring av sjukdomsutbrott, diagnostikk og overvakingsprogram er til nytte både for forvaltning og næring. Veterinærinstituttets nasjonale kompetansesenter for produksjonsdyr har òg i 2022 hatt god aktivitet og ei rekkje utadretta kurstilbod, og formidlar kompetanse til både forvaltning og næring over heile landet.
Dyrehelserapporten blei lansert 27. april 2022 saman med eit seminar med interne og eksterne foredragshaldarar som utdjupa ulike tema i rapporten. Tilbakemeldingane frå forvaltninga og næringane tilseier at rapporten er eit svært nyttig verktøy, og gir ein god status samla sett for helse og velferd for landdyr i Noreg.
Det nasjonale kompetansesenteret for produksjonsdyr har initiert og leidd arbeidet med å greie ut eit mogleg Dyrehelsenett som ein ny informasjonsportal for relevant kunnskapsformidling om sjukdom, velferd og helsestatus for produksjonsdyr. I 2022 har VI, i samarbeid med Statsforvaltaren i Rogaland, og Animalia sett i gang eit forprosjekt for Dyrehelsenett.
Prosessen med å flytte hovudkontoret frå Oslo til Ås har vore krevjande. I starten av 2022 var heile hovudkontoret flytta frå Adamstuen til Ås, med unntak av eitt spesiallaboratorium. Veterinærinstituttet måtte halde ved lag aktivitet i dette laboratoriet i Oslo gjennom delar av 2022 på grunn av forseinkingar ved desse fasilitetane på Ås.
Instituttet har i 2022 medverka til konkurransedyktige bionæringar mellom anna gjennom oppdragsanalysar, forskingsprosjekt finansierte gjennom næringane sine forskingsfond og gjennom råd, deltaking på seminar og konferansar og innovasjonsretta aktivitet.
På grunn av krigen i Ukraina blei arbeidet med tryggleik styrkt i 2022, spesifikt rundt dei fire hovudområda; IT-tryggleik, bygningstryggleik, tryggleik for medarbeidarar og biotryggleik.
I Prop. 1 S (2023–2024) frå Nærings- og fiskeridepartementet er VI sitt arbeid på fiskehelseområdet omtalt.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 113,0 mill. kroner.
VI skal, som nasjonalt biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt, vere Noregs leiande kunnskapsleverandør innan beredskap, biotryggleik og handtering av helsetrugsmål. Dette gjeld områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik.
Helsa til menneske og dyr og tilstanden til økosystema dei lever i, er knytt saman, og om dette nyttar ein omgrepet Èi helse. VI sitt arbeid skal i tråd med hovudmålet verne om den gode dyrehelsa og mattryggleiken i Noreg. Det blir stadig viktigare å overvake og ha god kunnskap om sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar).
Den gode landdyrhelsa i Noreg blir utfordra kontinuerleg gjennom globalisering og klimaendringar. Instituttet vil difor leggje vekt på forsking og kunnskapsutvikling som sikrar og vidareutviklar den nasjonale beredskapen mot kjende og nye helsetrugsmål, med særleg vekt på konkrete førebyggjande tiltak i næring og forvaltning.
VI legg FN sine berekraftsmål til grunn for aktiviteten og vil kontinuerleg vidareutvikle kompetanse og metodar for framleis å vere i front innan sine fagområde. Det vil bli lagt auka vekt på førebyggjande beredskap og prosjektbasert og risikobasert overvaking og diagnostikk, og å modernisere arbeidet ved bruk av ny teknologi og nye metodar. Dette er spesielt viktig for å vidareutvikle beredskapsevna.
Mattilsynet er VI sin viktigaste samarbeidspartnar. Instituttet vil leggje stor vekt på å bidra til ei kunnskapsbasert forvaltning ved å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet. Det er viktig å vidareutvikle samhandlinga mellom aktørane i matforvaltninga, både offentlege aktørar, relevante kunnskapsorganisasjonar og næringa. VI vil prioritere det vidare arbeidet med digitalisering, og utvikle og integrere digitale løysingar for betre og raskare kunne utnytte og utveksle informasjon.
Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgjeving om antibiotikaresistens og skrantesjuke vil framleis vere viktig.
I arbeidet med å førebyggje sjukdom og å tryggje god dyrehelse er det viktig at VI òg gir råd til veterinærar, næring og forvaltning innan smittevern og biotryggleik. For å møte behova i matforvaltninga og næringa, vil instituttet leggje vekt på arbeidet ved det etablerte kompetansesenteret for produksjonsdyr. Dei fleste hovudaktivitetane ved senteret har base i Sandnes, men det er òg tilsette som arbeider med helsa til produksjonsdyr i Tromsø, Trondheim og Ås, noko som fører til at senteret får ei god nasjonal dekning og tilgang på god kompetanse. Aktivitetane ved senteret skal komme til nytte for produksjonsdyrnæringa og forvaltninga i heile landet.
VI sitt arbeid for god beredskap vil i hovudsak bli retta mot meldepliktige/listeførte sjukdommar definert i forskrift, og andre alvorlege kjente eller ukjente tilstandar. Beredskapsarbeidet vil vere innretta mot
å føreseie den nasjonale og internasjonale helsesituasjonen gjennom overvaking og analyse
å førebyggje ved å etablere beredskapsplanar, forstå sjukdomsmekanismar og risikofaktorar
å oppdage og ha kunnskap om eventuelle smitte- og sjukdomssituasjonar
å nedkjempe sjukdommar ved å yte bistand til Mattilsynet med råd, analysar og diagnostikk
VI vil leggje vekt på å støtte styresmaktene og næringane i vidareutvikling av konkuransekraftige bionæringar. Instituttet sitt viktigaste bidrag her er forskingsbasert kunnskapsstøtte for betre å ta hand om helse og velferd i samband med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet. Sjå også budsjettframlegg i Prop. 1 S (2023–2024) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 462 172 | 1 457 767 | 1 560 528 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 11 119 | 13 185 | 13 986 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 39 983 | 14 193 | 4 193 |
Sum kap. 1115 | 1 513 274 | 1 485 145 | 1 578 707 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre kontroll med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, plantevernmiddel, dyrehelse, dyrevelferd, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda.
Mattilsynet fører òg kontroll med at regelverket blir etterlevd på andre område. Dette gjeld mellom anna regelverk om dyrehelsepersonell, planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, husdyravl, kosmetikk og kroppspleieprodukt, og omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Mattilsynet har òg oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.
Det er verksemdene sjølve som har ansvar for å kjenne til og etterleve regelverket. God rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet vil bruke dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde når det er naudsynt for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet vil arbeide etter desse måla:
sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
vareta miljøvenleg produksjon
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Innanfor rammene av dei måla som er sette i lovgivinga, vil Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at dei tek omsyn til aktørane langs heile matproduksjonskjeda. Det omfattar òg marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle regelverk
rettleie om regelverk
handheve regelverk
overvake status og utvikling på området
ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser
Folkehelseinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har ein fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mat og miljø når det trengst i regelverksarbeidet og den utøvande forvaltninga.
Rapportering 2022
Sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Grunna krigen i Ukraina der det mellom anna blei bomba rundt kjernekraftverket i Zaporizjzja, blei oppgåver som var planlagde i strategien for handtering av radioaktivitet i næringsmiddel framskunda. Forskrift med høgaste grenseverdiar for radioaktive stoff ved ein utsleppssituasjon blei fastsett, og det blei sett stab i Kriseutvalet for atomberedskap der Mattilsynet inngår.
Planar for relevante tiltak og prøvetaking av mat i landbruksnæringa har blitt samkøyrd både med næring, styresmakter og rådgivarar til Kriseutvalet for atomberedskap. Varsling til næringane blei gjennomgått og testa, og det var regelmessige informasjonsmøte gjennom våren og hausten. I tillegg er det utarbeidd nytt rettleiingsmateriell til verksemder og forbrukarar.
I 2022 har det, i tillegg til fleire lokalt avgrensa matborne utbrott av sjukdom hos menneske, ôg vore nasjonale utbrott. Importerte matvarer har vore den mest sannsynlege smittekjelda. Vassmelon og agurk blei identifisert som smittekjelder for to av dei nasjonale utbrotta. I det sistnemnde tilfellet blei 72 personar sjuke med påvist Salmonella agona. Mattilsynet utarbeidde råd og rettleiing til verksemder og innbyggjarar om trygg handtering av melonar, og agurk blei inkludert i overvakingsprogrammet for smittestoff i vegetabil i 2023.
I 2021–2022 gjennomførte Mattilsynet ein tilsynskampanje retta mot produsentar av røykelaks og gravlaks. Av 43 reviderte verksemder blei 20 pålagde å etablere eller utbetre rutinane sine.
I 2022 gjennomførte Mattilsynet 7600 smilefjestilsyn. Tilsyn med nystarta verksemder, og verksemder der det tidlegare har vore avdekt avvik, blei prioritert. Resultata frå 2022 viser at 85 pst. av verksemdene fekk karakteren smil, mens 13 pst. fekk strekmunn. Dette er på tilsvarande nivå som før pandemitiltaka. Delen som får sur munn, og som i mange tilfelle inneber at verksemda må stengje til avvika er utbetra, har heilt sidan 2019 vore låg, det vil seie i overkant av éin prosent.
Årleg overvaker Mattilsynet utvalde mat- og drikkevarer for mellom anna miljøgifter, legemiddelrestar og plantevernmiddelrestar. Her undersøkjer Mattilsynet om grenseverdiane blir overhaldne. Det er generelt få funn over dei gjeldande grenseverdiane. Mattilsynet analyserer òg stoff kor det ikkje er sett grenseverdiar. Dette kan vere stoff der det er behov for meir kunnskap for å kunne seie noko om helserisikoen ved inntak frå mat, eller for å kunne fastsetje grenseverdiar.
Mattilsynet deltok òg i ein EU-aksjon på matkontaktmateriale som starta i 2021. Det blei i heile EØS rapportert inn 748 saker, der det plantebaserte tilsetningsstoffet Bambus, som ikkje er lov å bruke, var tilsett i melaminplast. Mattilsynet har observert ein nedgang i marknadsføring av slike produkt etter aksjonen starta.
I 2022 kontrollerte Mattilsynet korleis vassverkseigar vernar råvasskjeldene sine. Frå 2020 til og med 2022 har Mattilsynet sett spesielt på leidningsnettet, då gammalt og dårleg leidningsnett kan utgjere ein trugsel for leveringstryggleik.
Det blei ført tilsyn med vern av råvasskjelder ved 487 vassverk. Tilsynet viste at 35 pst. av vassverkseigarane heilt eller delvis mangla farekartlegging og/eller farehandtering, og at 38 pst. ikkje hadde ei oppdatert farekartlegging. Over 26 pst. hadde ikkje gjennomført naudsynt vern av vasstilsigsområdet og råvasskjelda, og 23 pst. hadde ikkje basert vernetiltaka på ei farekartlegging. Dette er ikkje godt nok. Farekartlegging er difor alltid ein del av tilsynet, og i 2023 følgjer Mattilsynet spesifikt opp kjeldevern og vassbehandling. Det vil òg komme strengare krav til revidering av farekartlegginga i ny drikkevassforskrift, som har vore på høyring.
Når det gjeld tilsyn med vassleidningsnett, blei det ført tilsyn med 676 vassverk i perioden. Resultata viser at 28 pst. av vassverka hadde avvik på kravet om at vassverkseigaren skal sikre at distribusjonssystemet til vassforsyningssystemet er i tilfredsstillande stand og blir drifta på ein tilfredsstillande måte. Dei registrerte avvika fortel at 72 pst. av vassverkseigarane sikrar at distribusjonssystemet er i god stand og blir godt drifta, og at om lag 25 pst. manglar ein plan for vedlikehald og fornying.
Fremje god helse hos planter, fisk og landdyr
Plantehelse
Plantehelse blir vurdert ut frå fråvær av planteskadegjerarar som virus, bakteriar, insekt, midd, sopp og nematodar. Av dei rundt 170 skadegjerarane på European and Mediterranean plant protection organization si A2-liste finst 15 i Noreg. Av desse 15 kjempar Mattilsynet aktivt mot elleve, mens fire er så spreidde at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt å kjempe mot dei med offentlege midlar.
Tilsynet i 2022 var spesielt retta mot sertifikatpliktig import frå land utanfor Europa, som i hovudsak omfattar sendingar med frø, blomsterlauk, formeringsmateriale til prydplanter, matpoteter og trelast.
Pærevisnesjuke blei påvist etter rutinemessig prøveuttak i ei verksemd i Sauherad. Verksemda leverer eit stort sortsutval til norsk frukt- og prydplanteproduksjon i heile landet. Sanering av infiserte mortrær vil framover kunne føre til vesentleg reduksjon i tilgang på plantemateriale til norske planteskular som produserer pæretre til hobbymarknaden og grøntanlegg.
Ny dyrehelseforordning
I april 2022 blei det fastsett 11 nye forskrifter innanfor dyrehelse og fiskehelse, for å gjennomføre EUs dyrehelseforordning og utfyllande rettsakter. Dei nye forskriftene inneheld òg nasjonale dyrehelsereglar.
Mattilsynet arbeider i tett dialog med akvakulturnæringa, mellom anna med å utarbeide rettleiing knytt til godkjenningsprosessen, kriteria for risikoklassifisering av anlegg og krav til planar for biotryggleik.
Fiskehelse
Nedgangen i talet ILA-utbrott i 2022 gir grunn til forsiktig optimisme. Klassiske og atypiske vintersår held fram med å gi store utfordringar i dei kalde periodane i sjøen. Spironukleose blei påvist i ei rekkje anlegg i Finnmark i 2022. Virussjukdommane Kardiomyopatisyndrom (CMS) og Hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB) blir framleis diagnostisert i eit vesentleg omfang, og kompleks gjellesjukdom var dessutan ein vanleg diagnose hos laks i sjøen òg i 2022.
I 2022 blei elvane i Skibotnregionen friskmelde for Gyrodactylus salaris. Med friskmelding av Skibotnregionen er i dag 42 vassdrag friskmelde. Mattilsynet arbeider for å få oppdrettsnæringa til å erstatte manuell luseteljing med automatisk luseteljing. Mattilsynet arbeider òg saman med Fiskeridirektoratet med å forenkle godkjenning av driftsplanane til akvakulturanlegga. Arbeidet vil krevje både endring av regelverk og nye digitale løysingar, men vil på sikt redusere ressursbruken for både næring og tilsyn.
Landdyrhelse
I 2022 blei det påvist tre dyresjukdommar som vi ikkje har hatt i Noreg på mange år; Newcastlesjuke, lukka yngelråte (Paenibacillus larvae) og storfetuberkulose. I tillegg har Mattilsynet handtert høgpatogen fugleinfluensa (HPAI), skrantesjuke, Psoroptes ovis på geit og mædi. Dei to største hendingane på dyrehelseområdet var utbrott av høgpatogen fugleinfluensa og Newcastlesjuke i kommersielle fjørfehald i Rogaland. Alle utbrott med Newcastlesjuke og høgpatogen fugleinfluensa medførte avliving og sanering på dei anlegga som blei ramma, inkludert destruksjon av egg og biprodukt. Utbrotta blei slått ned utan vidare spreiing.
Det har òg vore stor aktivitet for å handtere innkomst av kjæledyr som følgjer med ukrainske flyktningar. I 2022 kom det om lag 1 600 kjæledyr til Noreg, og av desse er det flest hundar og kattar. Svært mange av dyra oppfylte ikkje innreisekrava.
Ulovleg import av hundar og kattar representerer ein alvorleg trugsel mot den gode dyrehelsa vår, og er i tillegg ein fare for folkehelsa ved mogleg innførsel av alvorlege zoonotiske sjukdommar (sjukdommar som blir overførte frå dyr til menneske). Den ulovlege omsetninga av desse dyra representerer ein stor økonomisk svart marknad i heile Europa. Mattilsynet oppretta ei dedikert regional aksjonsgruppe og gjennomførte målretta nettsøk i opne kjelder. Europol har vore samarbeidspartnar, og i Noreg har det vore tett samarbeid med Økokrim og Tolletaten.
Mattilsynet og Miljødirektoratet leverte hausten 2022 både ei tilråding om vidare forvaltning av villreinen på Hardangervidda og ein revidert plan for reetablering av villreinstammen i Nordfjella sone 1 til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Mattilsynet har, i samarbeid med Miljødirektoratet, gjennomført ei undervegsevaluering av Handlingsplanen mot villsvin 2020–2024. I appen Sett og skutt kan jegerar no registrere skote villsvin, og samtidig få automatisk utfylt skjema for godtgjersle.
Fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Landdyrvelferd
Den viktigaste innsatsen til Mattilsynet har i 2022 vore risikobasert oppfølging av bekymringsmeldingar, handtering av kronisk dårlege dyrehald og den store tilsynskampanjen om velferd for svin.
Mattilsynet førte tilsyn med dyrevelferda i 1904 dyrehald og registrerte regelbrott i 51 pst. av desse. Sidan Mattilsynets tilsyn er risikobasert, gir funna ikkje eit representativt bilete av den generelle dyrevelferda i Noreg.
Mattilsynet fekk 11 134 bekymringsmeldingar om dyrevelferd i 2022. Dei fleste bekymrings- meldingane gjeld hundar, kattar og hestar. Mattilsynet har sett ein jamn, svak nedgang frå toppen i 2018 til 2021 og ein relativt stor nedgang på 946 meldingar frå 2021 til 2022. Nedgangen frå 2021 kan tyde på at meldetenesta Varsle oss har gjort det tydelegare kva forhold Mattilsynet ønskjer melding om, og at visse opplysningar trengst for at meldingane skal bli vurderte.
Mattilsynets nasjonale tilsynskampanje om velferd for svin blei avslutta i 2022. 582 tilfeldig utvalde svinebesetningar blei inspiserte, og funna blei offentleggjorde i ein rapport 17. januar 2023. Mattilsynet registrerte regelbrott i over halvparten av besetningane. I 35 pst. av besetningane blei det registrert brott på reglane om rotemateriale. I 26 pst. blei det registrert brott på reglar om strø. I 24 pst. blei det registrert brott på reglane om behandling av sjuke og skadde dyr. Mattilsynet har gitt tydeleg uttrykk for at dette resultatet ikkje er godt nok og vil følgje opp med nye tilsyn.
Mattilsynet har eit stadig betre samarbeid med politiet i saker om dyrevelferd. Økokrim har gitt klart uttrykk for at Mattilsynet bør melde fleire alvorlege saker i samsvar med retningslinene for samarbeidet mellom Mattilsynet og politiet.
Fiskevelferd
Framleis døyr for mange fisk i norsk oppdrettsnæring. I 2022 døydde 58 millionar fisk i merdane. Velferda til rensefisk gir òg framleis grunn til bekymring. I matfiskanlegga er det framleis behandling mot lakselus med ikkje-medikamentelle metodar som er ei av dei viktigaste årsakene til skadar og auka dødstal.
Utbrott av ikkje listeført sjukdom og utfordringar i samband med utsett av smolt er andre årsaker til dårleg velferd. Årsaker til dødstal hos smolt kan vere at han er for liten ved utsett, er av for dårleg kvalitet eller at han blir sett ut ved for låge temperaturar.
Mattilsynet har etablert eit nasjonalt revisjonsteam for konsernrevisjonar i akvakulturnæringa. Målet er å vurdere om selskapa mellom anna har gode rutinar på å vurdere om fiskegrupper med redusert helse eller velferd skal setjast ut i sjøen, eller om ein produksjon skal avsluttast før planlagt slaktetidpunkt på tvers av dei ulike lokalitetane til selskapet. Slike revisjonar kjem i tillegg til tilsyn på enkeltlokalitetar.
Det samla talet medikamentfrie behandlingar mot lakselus har auka frå 2021 til 2022. Ei viktig årsak er at talet på kombinasjonsbehandlingar har auka. Det er høvesvis termisk og mekanisk avlusing i kombinasjon med ferskvatn som har auka mest.
Fremme helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet arbeider langsiktig med regelverksutvikling og overvaker tilstanden på Mattilsynet sine område, mellom anna med å sikre befolkninga eit tilfredsstillande inntak av jod. Samtidig blir det handtert små og store hendingar gjennom året, til dømes blei minst 388 pasientar ved 40 sjukehus smitta i det omfattande Pseudomonas-utbrottet der forureina eingongsvaskeklutar var årsak. Biverknader av kosmetikk og kosttilskott blir registrerte på nettsida melde.no som er ei felles løysing for enklare innmelding av uønskt pasientrelaterte hendingar.
Som ledd i å styrkje rettleiinga til næring og forbrukar, har Mattilsynet i 2022 etablert ei digital innhaldsplattform for enklare å utvikle digitale tenester og bruke målretta rettleiing i dei kanalane brukarane føretrekkjer, som til dømes andre nettstader og applikasjonar.
I 2022 samarbeidde Mattilsynet med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om å utarbeide eit forslag til ein jodberikingsstrategi.
Mattilsynet gjennomfører årleg merkesjekkar av ulike matvaregrupper, og desse viser framleis at mange produkt er feilmerka. Dei fleste merkefeila var ikkje av ein slik art at dei kunne ha medført helsefare.
Den generelle kosmetikktryggleiken er stort sett tilfredsstillande for produkt frå den seriøse delen av bransjen. 2 806 tilsynsobjekt (produsentar og importørar) er registrerte hos Mattilsynet. Erfaring tilseier at det er ei underregistrering, då Mattilsynet svært ofte kjem over verksemder som ikkje er registrerte. Mattilsynet fjerna seks kosmetikkprodukt for sal etter påvising av ulovlege stoff, og gav elleve varsel om vedtak på grunn av feilmerking.
Ivareta miljøvenleg produksjon
Lakselussmitte frå oppdrett på vill laksefisk gir framleis grunn til uro, jf. Havforskingsinstituttets risikorapport frå 2023.
EUs vassrammedirektiv er gjennomført i Norsk rett gjennom vassforskrifta. Lakselus er no definert som ein faktor som påverkar ville laksebestandar i vassforvaltningsplanane for 2022–2027.
Mattilsynet følgjer opp alle lokalitetar som overskrid lusegrensa. Sjølv om dei fleste lokalitetar blir drivne i samsvar med regelverket, er smittepresset på vill laksefisk framleis for stort.
Vareta omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda, medrekna marknadstilgang i utlandet
Utferding av helsesertifikat er eitt av Mattilsynets viktige og lett målbare resultat knytt til arbeidet med marknadstilgang. Talet på utskrivne helsesertifikat i 2022 auka med 10 738 samanlikna med 2021, til 89 448. 91,5 pst. av sertifikata var på sjømatområdet.
Noreg er gjennom EØS-avtalen ein del av EUs ytre grense for import av varer og dyr frå tredjestatar. Dette inneber kontroll med import frå tredjeland og samtidig fråvær av grensekontoll og helsesertifikat ved handel internt i EØS-området. Mattilsynet opplever stadige endringar i importregelverk, sertifikatkrav og listeføring i importland utanfor EØS-området. For å halde oppe eksisterande handel, har Mattilsynet i stor grad prioritert oppgåver knytte til etablert handel, framfor opning av nye marknader.
Auken i talet på importar etter Brexit har stabilisert seg, og talet på kontrollerte sendingar ligg om lag på det same som i 2021. Storbritannia innfører krav om helsesertifikat frå 31. januar og krav om grensekontroll 1. april 2024. Dette er eit ressurskrevjande arbeid for Mattilsynet.
Mattilsynet held fram med å samarbeide med internasjonale partnarar gjennom Europol og EU-kommisjonen i koordinerte aksjonar. EU-kommisjonen koordinerte ein stor aksjon retta mot ulovleg omsetning av hundar og kattar. Dette var ein aksjon på tvers av alle EØS-landa, og var utløyst av stadig fleire enkeltsaker som blei utveksla i EUs meldesystem for svindelnotifikasjonar.
Resultatmål av meir generell karakter
Mattilsynet vektlegg digitalisering og utvikling
Brukarretta digitale tenester er éin av grunnpilarane i den digitale utviklinga av Mattilsynet. Målet er å utvikle tenester som forenklar og effektiviserer brukarkvardagen. For å få fart på digitaliseringsarbeidet har Mattilsynet endra leveransemodellen sin og etablert ni produktteam og eitt plattformteam. Produktteama er tverrfaglege og har ansvaret for ulike fagområde. Tett dialog med interessentar og partnarar bidreg til å byggje tillit, forståing og å sikre at Mattilsynet leverer dei rette produkta.
Arbeidet med regelverksutvikling og internasjonale standardar
I 2022 prioriterte Mattilsynet EØS-arbeidet på områda Farm to Fork, revidering av dyrehelseregelverket, nye utfyllande reglar for økologisk produksjon, fellesaksjonar på kriminalitet og gjennomføringsrettsakter til dyrehelseforordninga.
Mattilsynet deltok i forhandlingane for Codex Alimentarius (FAO/WHOs standardsetjande organ for matområdet), IPPC (International Plant Protection Convention) og WOAH (World Organisation for Animal Health).
Dei nordiske landa har mykje til felles og det nordiske arbeidet er difor viktig for Mattilsynet. Noreg hadde formannskapet i Nordisk ministerråd i 2022.
Mattilsynet kartlegg, overvaker og analyserer tilstand
Mange av overvakingsprogramma oppfyller krav frå EU om dokumentasjon av status. Mattilsynet prioriterer og tilpassar programma slik at dei fangar opp det aktuelle risikobiletet av tilstanden i Noreg.
I 2022 kunne Mattilsynet vise at Noreg er fri for dei fleste alvorlege dyresjukdommane som blir overvakte.
Handtering av hendingar
I 2022 har både handtering av kjæledyr som fordrivne frå Ukraina har teke med seg til Noreg, og utbrott av Newcastlesjuke og fugleinfluensa, vist at handtering av fleire store hendingar får konsekvensar for ordinær drift og går utover andre viktige oppgåver.
Mattilsynet handterte rundt 220 hendingar i 2022, noko som er ein nedgang frå året før. Til gjengjeld er hendingane som rammar Noreg, stadig større, meir samansette og til dels samanfallande.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 560,5 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet.
Regjeringa foreslår å auke Mattilsynets budsjett med 10 mill. kroner, til mellom anna utvikling av tilsynet og styrking av beredskapen.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, WOAH og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.
Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakeleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynets ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt og vil prioritere regelverksområde der Noreg kan ha særlege interesser. Oppfølging av EU sin Farm to Fork-strategi for eit sunt, berekraftig og rettferdig matsystem, vil stå sentralt i EU sitt arbeid på matområdet framover.
Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr har mål om at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og medverke til reduserte klimagassutslepp i matsystema. For å kunne tilpasse eksisterande regelverk betre til ein meir sirkulær gjenbruk og utnytting av nye ressursar, blir det foreslått at Mattilsynet blir styrkt med 5 mill. kroner. Satsinga går over to år og vil styrkje arbeidet med regelverk for å leggje til rette for at restråstoff og biprodukt frå land og hav kan bli nytta til fôr, jf. óg omtale under kat. 1520.
Mattilsynet skal òg bidra til å følgje opp dei internasjonale pliktene til rett tid, slik at gjennomføringa i norsk rett skjer på ein mest mogleg formålstenleg og brukarvenleg måte.
Det er viktig med forenkling for næringsaktørane der det let seg gjere utan at det går ut over dei omsyna og måla som Mattilsynet har for sitt arbeid.
Mattilsynet vil framleis prioritere arbeid med å modernisere plantehelseregelverket.
Rettleiing, kontroll og områdeovervaking
Regelverket for offentleg kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Tilsynet skal vere risikobasert og skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å sikre god kvalitet på tilsynsarbeidet.
God kjennskap til regelverket er viktig for å kunne etterleve det. Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å styrkje dialogen med næringane og forbrukarane med meir og betre rettleiing. Dette inneber betre rettleiing om kva for reglar som gjeld, korleis regelverket blir tolka, og kva Mattilsynet vil ha særskild merksemd på ved tilsyn.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og aktuell risiko skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil vere løysingsorientert i møte med verksemdene, samstundes som ein praktiserer mest mogleg lik handsaming av verksemdene ved rettleiing, tilsyn og kontroll. Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever det. Mattilsynet fører kontroll med at regelverket blir etterlevd.
Aktørane i matkjeda, inklusiv drikkevassområdet, treng digitale tenester for rapportering og tilgang til data som bidreg til auka effektivitet både for verksemdene og Mattilsynet, og dermed auka verdiskaping i næringa og i samfunnet. Ein betre digital dialog med aktørane i matkjeda vil føre til at desse får betre tenester ved deling av data. Mattilsynet kan med dette òg målrette og effektivisere den offentlege kontrollen, mellom anna på drikkevass- og dyrevelferdsområdet.
Mattilsynet legg vekt på å ha effektive og målretta kontrollar med færre kontrollpunkt. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsynet i serveringsverksemder er eit døme på dette.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helsa til folk, dyr eller planter, til dømes at merking av mat ikkje villeier forbrukarane. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektiv kontroll.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at arbeidet blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som følgjer av internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Så langt det let seg gjere vil programma bli tilpassa slik at dei skal fange opp det aktuelle risikobiletet i Noreg.
Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Arbeidet med å etterleve regelverket og halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda, krev at verksemdene har kontinuerleg merksemd i tillegg til aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på at verksemdene sjølve har ansvaret for å etterleve krava og ha naudsynte system, rutinar og tiltak som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.
Mattilsynet vil ha merksemd på at dei særlege garantiane som Noreg har i EØS-avtalen når det gjeld Salmonella i sendingar til Noreg av ulike slag kjøtt og egg, blir følgde opp på rett vis av dei verksemdene som driv internasjonal handel med slike matvarer.
Mattilsynet vil vidare halde fram arbeidet innan atomberedskap på matområdet.
Tilsyn med at vassforsyningsverksemdene og kommunane følgjer opp krava i drikkevassforskrifta, er viktig for samfunnstryggleiken og for innbyggjarane. Mattilsynet vil på sine område følgje opp dei nye nasjonale måla for vatn og helse og den tverrsektorielle gjennomføringsplanen som er under utarbeiding. Mattilsynet vil rettleie kommunane om drikkevassomsyna som er omtalt i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging og sjå til at kommunane følgjer opp. Mattilsynet vil dessutan delta i arbeidet innan sitt ansvarsområde med å følgje opp vassforvaltningsplanane.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Det er viktig å ha gode tiltak og rutinar hos næringsaktørane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk er viktig. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdommar som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar).
Det er viktig å overvake og halde fram med tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald og havbruk på eit lågt nivå. Mattilsynet vil ha ei rolle i arbeidet med revidert strategi og handlingsplan mot antibiotikaresistens. Mattilsynet vil vidare følgje opp arbeidet knytt til antibiotikaresistens i internasjonale forum.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet mot skrantesjuke. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga, leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella, følgje opp vedteke handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke. Tiltaka har stor verdi for å hindre spreiing av smitte til ville hjortedyr og tamrein, og er viktige for å kunne ta vare på næringsgrunnlaget til dei som utøver reindrift. God dokumentasjon av tilstanden i Noreg er viktig.
Mattilsynet vil vurdere behovet for å styrkje enkelte tiltak i handlingsplanen mot villlsvin, og eventuelt etablere fleire tiltak for å få ned villsvinbestanden og dermed redusere risikoen for utbrott av afrikansk svinepest i Noreg.
Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og kampen mot sjukdommane PD og ILA. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved produksjon i havbruksnæringa.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd, og vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.
Mattilsynet samarbeider med politiet om ordninga med dyrepoliti i alle dei tolv politidistrikta i landet. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg vanrøkt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til ei eventuell straffesak og domfelling.
Mattilsynet vil framleis ha merksemd på risikobasert tilsyn med dyrevelferd i heile landet. Det er dyrehaldar som skal sørgje for god dyrevelferd for dyra sine. Det kjem stadig nye dyrevelferdsprogram for hald av produksjonsdyr, slik at fleire dyreartar blir omfatta. Dessa programma inneber eit tettare samarbeid mellom produsentar og veterinærar for å sikre god dyrevelferd, og gode rutinar og dokumentasjon av dyrehaldet.
Mattilsynet vil òg framleis følgje opp dyrevelferd hos kjæledyra, dels gjennom å foreslå nytt regelverk, ved tilsyn og ved å følgje opp bekymringsmeldingar om slike dyrehald.
Mattilsynet vil føre vidare den gode samhandlinga med miljøstyresmaktene ved tap på grunn av rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet med fiskevelferd, spesielt i samband med tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil òg ha merksemd på å halde oppe god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye behandlingsmetodar og produksjonsformer.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og heiderleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.
Mattilsynet har òg oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg for tilsyn med merking, blant anna ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelhòlet) og arbeid med Matvaretabellen, jf. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar.
Mattilsynet vil framleis overvake om det er genmodifisert materiale i fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest å vere størst i fôrvarer.
Mattilsynet vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.
Målet om å vareta miljøvenleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at formålet i matlova om å vareta miljøvenleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på og bruken av innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for ein miljøvenleg produksjon og verkar òg inn på mattryggleiken og kvaliteten på maten.
Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. Mattilsynet vil følgje opp aktuelle tiltak relatert til planen og følgje utviklinga av regelverket i EU tett.
Marknadstilgang
Mattilsynet vil bidra i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt. Godt samarbeid med matstyresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik, dyrehelse og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.
Mattilsynet utferdar årleg kring 90 000 helsesertifikat. Majoriteten av sertifikata som Mattilsynet utferdar, gjeld eksport av sjømat. Mattilsynet nyttar òg mykje ressursar på å leggje til rette for å halde oppe og auke eksporten av sjømat til Kina. Mattilsynet vil arbeide vidare med tiltak for å effektivisere sertifikatarbeidet slik at utferdinga på norsk side i så liten grad som mogleg skaper hinder for eksporten. Digitalisering på området har starta opp, og arbeidet vil bli vidareført i 2024.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell, og vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr (VetReg) er eit viktig verkemiddel i overvakinga av bruken av antibiotika til dyr og korleis dyrehelsepersonell føreskriv medisin. Mattilsynet skal følgje opp arbeidet med å utvikle VetReg.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig trygge for menneske og dyr. Mattilsynet vil bidra i arbeid med endringar av kosmetikklova der det er naudsynt. Mattilsynet vil òg samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Formål med løyvinga
På posten blir det ført utgifter Mattilsynet har til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.
Rapportering 2022
Utgiftene i 2022 blei 11,1 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,0 mill. kroner i 2024.
Post 71 Tilskott til erstatningar, overslagsløyving
Formål med løyvinga
På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har gitt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 om hjelpeplikt, og til veterinærar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrehelsepersonellova § 14 om naudhjelp. På posten vil det òg bli ført utbetalingar for tiltak som er sette i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå ein eigar.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 40,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Hovuddelen av beløpet er knytt til utgifter i samband med kjæledyr tilhøyrande fordrivne frå Ukraina. Dette utgjorde 36,3 mill. kroner. Dei resterande 3,7 mill. kroner var utgifter til naudhjelp for eigarlause dyr.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,2 mill. kroner i 2024. Utgifter knytt til kjæledyr tilhøyrande fordrivne frå Ukraina, blir frå 2024 ført på kap. 1115, post 01.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Gebyr m.m. | 201 463 | 206 109 | 205 253 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.m. | 10 468 | 6 288 | 6 476 |
85 | Gebyr og tvangsmulkt m.m. | 7 000 | ||
Sum kap. 4115 | 211 931 | 212 397 | 218 729 |
Post 01 Gebyr m.m.
Inntektene i 2022 blei 201,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 205,2 mill. kroner i 2024.
På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar, og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Ved budsjetteringa er det lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.
Hestesporten er i ein utfordrande økonomisk situasjon og det er knytt store utgifter til hestesporten. Regjeringa foreslår å avvikle gebyr for utgifter til stevneveterinærar frå 1. januar 2024.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.
Inntektene i 2022 blei 10,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2024.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek, og oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Post 85 Gebyr og tvangsmulkt m.m.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,0 mill. kroner i 2024.
På posten blir det ført inntekter frå overtredelsesgebyr, tvangsmulkt m.m., pålagde av Mattilsynet.
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
1136 | Norsk institutt for bioøkonomi | 248 552 | 253 743 | 271 785 | 7,1 |
1137 | Forsking og innovasjon | 611 454 | 587 505 | 619 836 | 5,5 |
Sum kategori 15.20 | 860 006 | 841 248 | 891 621 | 6,0 |
Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
4136 | Norsk institutt for bioøkonomi | 19 446 | 19 915 | 20 935 | 5,1 |
Sum kategori 15.20 | 19 446 | 19 915 | 20 935 | 5,1 |
Mål
Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. For å nå måla og leggje til rette for ei forskingsbasert forvaltning, legg departementet vekt på målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon, at kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og ein effektiv og sterk instituttsektor i samspel med andre. I tillegg er ei tett kopling mellom forsking og næringsliv sentralt for effektiv og berekraftig utnytting av dei mange fornybare biologiske ressursane som finst i Noreg.
Prioriteringar
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Landbruket er ei høgteknologisk og kunnskapsintensiv næring. Næringa sine kunnskapsbehov er gjort greie for i ei rekkje meldingar og strategiar dei seinare åra.
I Langtidsplan for forskning- og høyere utdanning, jf. Meld. St. 5 (2022–2023), gir regjeringa uttrykk for kva område som er særleg viktige å prioritere dei kommande åra, jf. omtale i kap. 5 i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2023–2024). Landbruks- og matforskinga bidreg til å nå måla i langtidsplanen gjennom å leggje til rette for ein berekraftig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor, matsikkerheit, auka verdiskaping, betre ressursutnytting og nye grøne arbeidsplassar.
Ved handsaminga av meldinga slutta Stortinget seg til regjeringa sitt vedtak om to nasjonale målretta samfunnsoppdrag, eitt om berekraftig fôr og eitt om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Samfunnsoppdrag er eit nytt verkemiddel der forsking og utvikling blir tett kopla med regelverksarbeid og anna politikkutvikling. Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr har mål om at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og medverke til reduserte klimagassutslepp i matsystema. Vidare vil samfunnsoppdraget gi viktige bidrag til dei måla Noreg har sett for matproduksjon, klima, miljø, sysselsetjing og verdiskaping. For å lukkast med å utvikle fleire berekraftige fôrvarer lokalt og utnytte ressursane meir effektivt og sirkulært, vil det vere behov for god samhandling og koordinering, frå grunnleggjande kunnskapsoppbygging og regelverksutvikling til at nye innovasjonar og teknologiske løysingar blir tekne i bruk. Samfunnsoppdraget er under utvikling med sikte på oppstart i 2024.
Den komplekse samanhengen mellom matproduksjon, miljø og klima, og korleis desse gjensidig påverkar kvarandre, set krav til ei heilskapleg tilnærming. Ny kunnskap skal bidra til å nå måla om reduserte klimagassutslepp frå landbruket i tråd med intensjonsavtalen om klima mellom staten og jordbruket frå 2019 og Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. I rapporten Klimaendring utfordrar det norske matsystemet utarbeidd av Norsk institutt for bioøkonomi i 2022, blei det konkludert med at det norske matsystemet i utgangspunktet er robust og tilpassingsdyktig, men at det likevel kan bli sett på alvorlege prøver framover. Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – Sammen for et klimarobust samfunn, peikar på utfordringar og moglege løysingar som samfunnet, og under dette også landbruket, står overfor i møte med klimaendringane. I meldinga blei det slått fast at teknologiutvikling og ny kunnskap har ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit framtidsretta og klimatilpassa landbruk.
Eit berekraftig landbruk og utnytting av landbruket sine mange fornybare biologiske ressursar set krav til oppdatert kunnskap om berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling. Jordvernstrategien frå 2023 har eit nytt og skjerpa mål for bruksendring av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet. Kunnskap om jordressursane og om forvaltninga av dei, kombinert med kunnskap som fremjar best mogleg utnytting av tilgjengeleg areal, er viktig for å nå målet. I Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030, blir det vist til behov for kunnskap for å styrkje arbeidet med jordkvalitet, jordhelse og berekraftig bruk av jordbruksareal. Rapporten Nasjonalt program for jordhelse frå 2020 viser kor viktig det er med auka kunnskap om god jordhelse for å halde ved lag produksjonsevna i jordbruket over tid, og for å ta hand om vatn, karbon, næringsstoff og jordliv. Nasjonal forskingsinnsats på dette området må sjåast i samanheng med EUs samfunnsoppdrag på jordhelse.
Landbruket sine mange fornybare biologiske ressursar har ei sentral rolle i overgangen til ein meir sirkulær økonomi der dei fornybare bioressursane blir utnytta betre i sirkulære krinsløp, og bidreg til å redusere bruken av, eller erstattar, ressursar med større klima- og miljøbelastning. Både Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi frå 2021 og regjeringa sitt Veikart for grønt industriløft frå 2022, der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi er eitt av innsatsområda, peikar på moglegheiter og kunnskapsbehov knytt til auka foredling og meir effektiv bruk av fornybare biologiske ressursar.
Ein viktig føresetnad for ein sirkulær bioøkonomi er at auka bruk av restråstoff og avfallsprodukt er trygt for folk, dyr og miljø, til dømes ved spreiing av miljøgifter, smittestoff og andre farlege stoff. I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning blir det vist til kunnskapsbehov knytt til sirkulære løysingar og trygg bruk av bioressursar på tvers av næringar, sektorar og fagområde. Det trengst å utvikle teknologiske løysingar og metodikk for å kartleggje og fjerne uønskte stoff i biologiske produkt, biprodukt og restråstoff. I tillegg til kunnskap som held ved lag den gode plante- og dyrehelsa i Noreg, vil ei kunnskapsbasert utvikling av regelverk vere viktig for trygg og effektiv bruk og gjenbruk av ulike biologiske ressursar og restråstoff. Dette vil mellom anna vere sentralt for å lukkast med målsetjinga i samfunnsoppdraget på berekraftig fôr. Mattilsynet har ei viktig rolle i å tilpasse eksisterande regelverk til ein meir sirkulær gjenbruk og utnytting av nye ressursar, jf. omtale under kap. 1115.
Smitte som blir overført mellom dyr og menneske, direkte eller til dømes via mat, fôr og vatn, kan utgjere ein trugsel for vår helse og velferd. Langtidsplanen for forsking- og høgare utdanning viser til store kunnskapsbehov om samanhengen mellom plantehelse, dyrehelse, folkehelse, matproduksjon og miljø (Éi-helse), og eit behov for tverrsektoriell forskingsinnsats for å oppnå robuste, trygge og berekraftige matsystem. Ei slik tverrfagleg og heilskapleg tilnærming må òg leggjast til grunn i innsatsen mot antimikrobiell resistens (AMR), som er ein av dei største trugslar for global helse, matsikkerheit og moderne medisin. Regjeringa legg vekt på å halde ved lag innsatsen mot antibiotikaresistens i tråd med den nasjonale strategien mot antibiotikaresistens frå 2015. Den tverrsektorielle strategien vil bli ført vidare i ein ny strategi, og det vil også bli utarbeidd ein ny Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar.
Utfordringane og kunnskapsbehova landbruks- og matsektoren står overfor er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles. Krigen i Ukraina har synleggjort behovet for kunnskap om risikohandtering og meir robuste handelssystem. Noreg har gode føresetnader for å bidra til ein global kunnskapsdugnad på område som berekraftig matproduksjon, klimarobuste produksjonsmetodar, mattryggleik og dyre- og plantehelse. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet vil dessutan bidra til å heve kvaliteten på forskinga, og gi norske forskingsmiljø og bedrifter betre tilgang til nettverk og infrastruktur. Regjeringa legg stor vekt på internasjonalt forskingssamarbeid og har høge ambisjonar til norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. I Strategi for norsk deltakelse i Horisont Europa og Det europeiske forskningsområdet frå 2021, kjem det fram at ambisjonar om auka norsk deltaking vil krevje omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar. I tillegg legg Strategi for forsknings- og høyere utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027), Panoramastrategien, eit viktig grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Eit gjennomgåande bodskap i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er at kunnskapen må takast i bruk. Ny kunnskap, teknologi og innovative løysingar har liten nytte om dei ikkje blir gjort tilgjengelege og tekne i bruk av næring og forvaltning. Dette set krav til godt samarbeid, gode rådgivingstenester og eit utdanningstilbod som sikrar høg kompetanse i alle ledd. For at kunnskapen skal nå ut til næringsaktørar, rådgivarar og samfunnet elles, må resultata frå landbruks- og matforskinga formidlast raskt og effektivt.
Landbruks- og matsektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø om kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Det gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at relevant og ny kunnskap kjem til nytte.
I tillegg til forsking og kunnskap som bidreg til auka berekraft og verdiskaping i næringa, må forskingsbasert kunnskap liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Ei målretta politikkutforming for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Samfunnsvitskapleg forsking på landbruks- og matområdet gir viktige bidrag om rolla til landbruket, lokal og regional utvikling og kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking er òg viktig for auka kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.
Primærlandbruket og industrien som foredlar mat og fiber, er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Det er difor viktig med høg kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. Landbruks- og matdepartementet er oppteke av å ha gode og relevante landbruksutdanningar på alle nivå, og at det blir etablert gode samarbeidsarenaer for dei ulike aktørane i næringa og hos relevante utdanningsinstitusjonar, frå vidaregåande skule, til fagskule, høgskule og universitet. Departementet følgjer nøye med på rekruttering til dei ulike fagtilboda og utviklinga av desse.
God rekruttering til landbruks- og matfagleg utdanning på alle nivå frå vidaregåande skule til master- og doktorgradsutdanning, er viktig for å få kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk. I tillegg til tilbod gjennom det ordinære utdanningssystemet bør det òg leggjast til rette for livslang læring, mellom anna gjennom fleksible etter- og vidareutdanningstilbod. Det gjeld både for dei som er i næringa, og dei som ønskjer å gå inn i næringa. Dette er vaksenagronomordninga, som er finansiert over jordbruksavtalen, eit godt døme på.
Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Instituttsektoren skal utvikle kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og bidra til berekraftig utvikling og omstilling gjennom forsking av høg kvalitet og relevans. Dei statlege forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren må vere kostnadseffektive og bruke ressursane på dei kunnskapsbehova som er strategisk viktige for norsk landbruk framover. I den samanheng er det viktig å ha god dialog med både næring og forvaltning om prioriteringar.
Institutta må arbeide for å oppnå forsking av høg kvalitet og relevans, eit godt omdøme og høg konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for høg kvalitet i forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren. Departementet er òg oppteke av at sektoren har ei god kopling mellom samfunnsvitskapleg og naturvitskapleg forsking, og eit godt samarbeid med andre relevante forskingsinstitusjonar.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for at kunnskapen bidreg til berekraft og næringsutvikling i sektoren. Instituttet si lokalisering på 15 stadar fordelt på alle landsdelar gir eit viktig fortrinn i dette arbeidet.
Veterinærinstituttet (VI) har biomedisinsk kompetanse som må nyttast mest mogleg effektivt for å fremje høg beredskap, god dyrehelse og dyrevelferd, og gode råd til forvaltninga. VI skal òg bidra til næringsutvikling og konkurranseevne, både i blå og grøn sektor.
Departementet har òg eit grunnfinansieringsansvar for Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis). Ruralis forskar mellom anna på bygdeliv, ressursforvaltning, kommunal- og regionalutvikling, samhandling mellom bygd og by og verdikjeda for mat og næringsutvikling.
Kap. 1136 Norsk institutt for bioøkonomi
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap | 248 552 | 253 743 | 271 785 |
Sum | 248 552 | 253 743 | 271 785 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje fagleg aktivitet som bidreg til at Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) når måla som er lagde til grunn for verksemda. NIBIO er det største tverrfaglege forskingsinstituttet innanfor landbruk og miljø i Noreg. Det er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Instituttet arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. NIBIO skal vere nasjonalt leiande i arbeidet med å utvikle kunnskap om bioøkonomi. Instituttet har hovudkontor på Ås, og har einingar på 15 stadar i alle landsdelar.
NIBIO har følgjande mål:
Hovudmål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken
Delmål: Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Delmål: Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Delmål: Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Løyvinga skal i første rekkje bidra til målet om at Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning. Løyvinga skal nyttast innanfor følgjande faglege innsatsområde: 1) mat- og planteproduksjon, 2) beredskap, plantehelse og mattryggleik, 3) skog og utmark, 4) areal- og genressursar, 5) kart og geodata og 6) føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 248,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
For å auke produksjonen av mat har det vore omfattande utprøving av korn og grovforvekstar. Særleg prioritert er det å auke kunnskapen om optimalisert dyrkingsteknikk tilpassa ulike geografiske område. Tilsvarande har det vore utprøving av sorter av bær, mange ulike grønsaker, oljevekstar i tillegg til urter. NIBIOs kunnskapsutvikling på planteområdet dekkjer både konvensjonell og økologisk produksjon. Resultata blir formidla raskt til næringa slik at nye sorter og oppdatert kunnskap om utfordringar og moglegheiter enkelt kan takast i bruk. NIBIOs senter for arktisk landbruk bidreg til å gjennomføre satsinga i jordbruksavtalen i 2022 på auka matproduksjon i nord.
Instituttet bidreg med tiltak som ledd i oppfølging av strategi for pollinatorar, og handlingsplan knytt til denne. Vidare har NIBIO arbeidd mykje med å utvikle løysingar for betre gjødsling som både er minst mogleg belastande for klima og miljø og som tek omsyn til økonomien til bonden. Dei høge gjødselprisane dei siste to åra forsterkar behovet for gode gjødlingsstrategiar hos bonden. I den samanheng blei det i fjor markert at det er 100 år sidan gjødlingsforsøka starta på Møystad i Hamar. Som følgje av høge gjødselprisar og satsing på binding av karbon i jord, er forsøka på Møystad framleis tidsaktuelle.
Program for jord- og vatnovervaking i landbruket (JOVA) har pågått i 30 år. Dette bidreg til kunnskap om prosessar og nivå på jord- og næringsstofftap, i tillegg til tap av plantevernmiddel i jordbruksområde gjennom analyse av dei lange tidsseriane med overvakingsdata. Resultata dannar grunnlag for forvaltninga si prioritering av tiltak mot tap av næringsstoff og forurening av plantevernmiddel.
Instituttet har gjennomført utprøving av plantevernmiddel i mange ulike kulturar og skadegjerarar. Siktemålet er å få ein mest mogleg berekraftig bruk av slike middel. Gjennom året har det òg blitt gitt mykje forvaltningsstøtte til departementet om miljøkonsekvensar av plantevernmiddel. NIBIO bidreg også med faglege innspel til EU om utvikling av regelverket på dette området.
NIBIO har ei viktig rolle i å bidra til trygg mat. I 2022 er det analysert prøver av importert og norskprodusert mat med omsyn til restar av plantevernmiddel. Målsetjinga er å ha ein effektiv matvarekontroll og trygg mat som hindrar at grenseverdiane for restar av plantevernmiddel blir overskridne. Instituttet samarbeider med Mattilsynet om god plantehelse, og det blir gjennomført omfattande rådgiving og formidling til bønder for å sikre eit friskt plantemateriale. Viktige område er òg auka kunnskap for å kjempe mot planteskadegjerarar og ein berekraftig bruk av plantevernmiddel.
NIBIO arbeider kontinuerleg med kompetanseoppbygging innan GMO- og genredigeringsteknologi for å byggje kompetanse om teknologiutvikling og lovregulering nasjonalt og internasjonalt.
NIBIO har ei viktig rolle som det leiande skogforskingsinstituttet i landet. Miljøregistreringar i skog og Landsskogtakseringa har blitt ført vidare. Det er òg utarbeidd årlege data og berekningar som inngår i det norske klimagassrekneskapet. Instituttet har eit vesentleg tal langsiktige feltforsøk i skog. Disse gir moglegheit for mellom anna kontrollerte skogbehandlingsmetodar og kunnskap om langsiktige effektar av desse. NIBIO brukar data frå langsiktige feltforsøk i mange nasjonale og internasjonale publikasjonar og til kunnskapsformidling blant skogeigarar og forvaltning.
Instituttet har det nasjonale ansvaret for beredskapskompetanse innanfor skogskadegjerarar. I 2022 har NIBIO følgt opp 350 førespurnader frå skogeigarar og forvaltninga om skadar på tre som følgje av sopp og skadedyr. Det er gjennomført barkebilleovervaking i 115 kommunar. I tillegg er den digitale informasjonen om barkebiller vidareutvikla gjennom eigen nettstad.
I 2022 har NIBIO hatt ei omfattande formidling av fagstoff og forskingsresultat knytt til bruk av tre og til potensialet for auka bruk av tre. Siktemålet er både berekraftig skogbruk og lønsame skog- og trebaserte verdikjede. Andre viktige innsatsområde har vore auka bruk av bioenergi og kunnskapsutvikling og rådgiving når det gjeld produksjon av joletre. NIBIO har òg engasjert seg aktivt i internasjonalt skogsamarbeid og delteke i ei rekkje internasjonale forum.
På reindriftsområdet har NIBIO vidareutvikla samarbeidet med næring og forvaltning. Det er utvikla kunnskap på område som rekruttering til næringa, økonomi, reduksjon i reintal, fôring og sjukdommar. Det blir arbeidd med løysingar som kan nyttast for å følgje opp vedtaket frå Stortinget om innføring av individmerking i reindrifta.
Gjennom Norsk genressurssenter har NIBIO bidrege til god forvaltning av genetiske ressursar innan husdyr, nytteplanter og skogtre. Senteret er eit rådgivande organ for landbruks- og matforvaltninga, og det deltek i nordiske og internasjonale organisasjonar i arbeidet med genressursforvaltning. Årleg offentleggjer senteret ein rapport som viser status og utvikling i landbruket sine genetiske ressursar i Noreg.
I 2022 har instituttet kartlagt og informert om arealressursane i landbruket. Dette bidreg til betre arealforvaltning og ressursutnytting. Det nasjonale arealressurskartet AR5 er halde ved like. Dette skildrar tilstanden for arealressursane knytte til jord- og skogbruk, og blir nytta av mange offentlege og private aktørar i samfunnet, mellom anna til ei effektiv forvaltning av og kontroll av arealtilskott i landbruket. Instituttet tilbyr òg gode digitale brukartenester som Gårdskart, Kilden, Arealressursstatistikk og Arealbarometer. Arealressurskartet AR5 viser jordbruksarealet i Noreg, herunder areal som kan vere aktuelle for andelslandbruk, marknadshagar og andre dyrkingsprosjekt. NIBIO har i dag oversikt over jordbruksareal i og utanfor byar og tettstadar i arealressurskartet. Arealressurskartet er ein del av Geovekst, som er eit samarbeid om etablering og vedlikehald av dei mest nøyaktige kartdata i Noreg. Dei sentrale Geovekst-partane er Statens vegvesen, Energiforsyningen, kommunar, Kartverket, Telenor og landbruket. Det omfattar alle kommunane i landet.
Instituttet driv Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap), som er basert på ei nasjonal utvalskartlegging som dokumenterer endringar i arealbruk, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og tilgjengelegheit på eit representativt sett av overvakingsflater. Overvakingsflatene ligg spreidde over heile landet. Programmet inkluderer feltarbeid på eit utval av flater for å registrere mellom anna fuglar, planter, bygningsmiljø og kulturminne, og for å dokumentere landskapet sin utsjånad ved hjelp av fotografi.
Instituttet har òg kartlagt beiteressursar og beitebruk i utmark, vidareutvikla ei nettbasert teneste for data frå organisert beitebruk, ført arealrekneskap for utmark og utført landskaps- og kulturminneovervaking.
NIBIO har ei viktig oppgåve i å skaffe eit landbruksøkonomisk grunnlag for politiske avgjerder. I den samanheng er instituttet sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, og har saman med nemnda utarbeidd grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlingane. Instituttet har òg oppdatert informasjon om den økonomiske utviklinga i landbruket og på gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk gjennom utarbeiding av Driftsgranskingar for jord- og skogbruk. På alle NIBIOs fagområde har instituttet gjort ein vesentleg innsats for å formidle ny kunnskap til næring og forvaltning. Samla har instituttet vore omtalt i om lag 4 300 medieoppslag gjennom året.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 271,8 mill. kroner. Løyvinga skal nyttast til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO.
Som ein del av aktivitetspakka for Øst-Finnmark, blei det i 2023 løyvd 3 mill. kroner til fleire FoU-arbeidsplassar ved NIBIOs eining i Pasvik. Departementet gjer framlegg om at løyvinga blir ført vidare i 2024.
Innanfor løyvinga over posten er desse områda særleg prioriterte:
Mat og planteproduksjon
Løyvinga skal bidra til utvikling av kunnskap om auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold. I dette ligg òg utvikling av kunnskap for å fremje økologisk produksjon. Vidare er det behov for kunnskap som gir redusert bruk og redusert risiko ved bruk av kjemiske plantevernmiddel og meir bruk av alternative metodar til erstatning for plantevernmiddel. Det er behov for kunnskap som styrkjer grunnlaget for godkjenning av plantevernmiddel i Noreg. NIBIO skal vidare utvikle kunnskap som skal bidra til auka bruk av norske fôrressursar. Løyvinga skal òg bidra til å få fram effektive verkemiddel frå forvaltninga si side slik at dei politiske måla for norsk jord- og skogbruk, inkludert miljø- og klimapolitiske mål, blir nådde.
Beredskap, plantehelse og mattryggleik
NIBIO skal prioritere kunnskap om planteskadegjerarar og ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar den gode plantehelsa i Noreg. Løyvinga skal bidra til beredskap og kompetanse om verkemåtar og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter som potensielt er skadelege. Som nasjonalt referanselaboratorium skal NIBIO ha kapasitet til å utføre analysar for restar av plantevernmiddel og for planteskadegjerarar.
Skog og utmark
Landsskogtakseringa, som gir oversikt over skogressursane i Noreg, skal framleis ha høg prioritet. Det same gjeld FoU-arbeid knytt til miljøregistreringar i skog, utvikling av skogbruksplanlegginga og kunnskap om pollinerande insekt i skog.
Arbeidet med kartløysinga Skogportalen skal førast vidare. Kartløysinga gir ressurs- og miljøinformasjon for næring og forvaltning, og står sentralt i den kunnskapsbaserte skogforvaltninga. NIBIO har òg i oppgåve å halde dokumentet Bærekraftig skogbruk i Norge oppdatert.
Langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag skal framleis prioriterast. Feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, og dei bidreg til eit berekraftig skogbruk og gir kunnskap om rolla skogen har i klimapolitikken. Det er framleis naudsynt å etablere nye langsiktige forsøksfelt for skogproduksjonsforsking. NIBIO skal òg delta i internasjonalt samarbeid om skog og ha ansvaret for rapportering på området.
NIBIO skal halde fram med å utvikle kunnskap om klimaendringar og behovet for klimatilpassingar innanfor skogbruk, jordbruk og arealbruk. Kunnskapen skal gi grunnlag for å utvikle effektive tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og vise økonomiske konsekvensar av tiltaka. NIBIO skal bidra til klimarapportering og utrekningar knytte til klimarammeverket for skog- og arealsektoren i avtalen med EU.
Høg beredskap er viktig for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase, både for å hindre at nye skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg, og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie har etablert seg. NIBIO skal òg bidra med relevant kunnskap til beredskapsarbeidet i skogbruket, til dømes kunnskap som er til nytte ved skogbrannberedskap, skadekartlegging og opprydding etter storm.
Arbeidet knytt til berekraftig forvaltning og bruk av utmarksressursar og næringsutvikling skal førast vidare. Tiltak som byggjer opp under departementet sitt arbeid med haustbare viltressursar, turisme og lokalmatsatsing er ein viktig del av dette.
Areal- og genressursar
Løyvinga skal nyttast til vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet AR5, Landsskogtakseringa, Arealrekneskapen for utmark og reindrifta sine arealbrukskart. I dette arbeidet inngår mellom anna kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Vidare inngår systematisk overvaking av miljøverdiar i kulturlandskapet, under dette mellom anna biologisk mangfald, kulturminne og auka tverrsektorielt samarbeid om insektovervaking. NIBIO skal følgje opp relevante tiltak i Tiltaksplan for pollinerande insekt. NIBIO vil òg få i oppgåve å føre vidare arbeidet med statistikk om utmarks- og landbrukseigedommar, til dømes ved å knyte data frå organisert beitebruk, vegetasjonskart og arealrekneskap for utmark til eigedommane. For å bidra til målet om å å leggje til rette for urbant landbruk, jf. den nasjonale strategien, skal NIBIO utarbeide kart over areal som blir nytta til urbant landbruk, og som er aktuelle for slike aktivitetar, herunder skulehagar. For norsk landbruk er det viktig at produsentane i framtida har eit tilstrekkeleg genetisk mangfald å hauste av når mat og andre landbruksprodukt skal produserast. I den samanhengen skal NIBIO bidra med kunnskap for ei effektiv forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og bidra til å setje i verk nasjonal tiltaksplan som operasjonaliserer strategi for bevaring og berekraftig bruk av landbruket sine genressursar. NIBIO skal overvake statusen til nasjonale genressursar og rapportere i saker som gjeld desse, nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Prioriterte oppgåver i 2024 vil vere å setje i verk eit nasjonalt bevaringssystem og støtte tiltak for auka tilbod av oppformerings- og avlsmateriale av bevaringsverdige husdyrrasar, planter og skogtrær til produsentane.
NIBIO vil få i oppgåve å følgje opp nokre av tiltaka i den nye nasjonale jordvernstrategien, som å etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord, eit rekneskap for jordbruksareal, ei systematisk rapportering av faktisk nedbygd areal og eit sentralt register for viktige jordbruksareal.
Kart og geodata
NIBIO skal utvikle nettbaserte kart- og geodatatenester ut frå behova til ei rekkje aktørar i samfunnet, både i og utanfor sektoren. Ny statistikk og nye temakart vil bli utvikla i tråd med behova. Instituttet skal mellom anna støtte Mattilsynet i arbeidet med å utvikle kartløysingar for registrering av skadegjerarar og bruk av avløpsslam. NIBIO forvaltar òg kart for Landbruksdirektoratet som viser reindrifta sin arealbruk. Kartfesta informasjon om ubrukt dyrkingsareal, i tillegg til grønstruktur i byar og tettstadar er viktig for å vidareutvikle det urbane landbruket.
NIBIO har ansvar for landbruket sitt bidrag til Geovekstsamarbeidet. Vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. Kommunane vil få kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.
Instituttet skal bidra til å vedlikehalde og utvikle fellesløysingane i den geografiske infrastrukturen. Det internasjonale samarbeidet på kartområdet, som instituttet deltek i, blir ført vidare.
Arbeidet med å delta i Copernicus, som er EU sitt program for jordobservasjon, blir ført vidare. NIBIO og Statens kartverk vil bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
NIBIO har eit særskilt ansvar for økonomisk statistikk, utgreiing og forsking som omfattar både eit samfunnsøkonomisk og eit føretaksøkonomisk perspektiv på landbruket. Instituttet skal levere eit godt kunnskapsgrunnlag for økonomiske og politiske avgjerder i sektoren. NIBIO skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med departementet. Instituttet får i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt av departementet.
Naturfaglege og landbruksfaglege tema skal setjast inn i eit samfunnsmessig perspektiv for å styrkje relevansen av instituttet sin kunnskapsproduksjon og formidling. Det er viktig å sikre god kompetanse knytt til Driftsgranskingane og gardsøkonomi. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er aktuelle tema for kunnskapsutvikling i åra framover. Det er òg viktig at NIBIO har kompetanse på kosthaldsstatistikk og sjølvforsyning.
Data frå driftsgranskingane og totalkalkylen er ein del av den nasjonale statistikken i Noreg, og departementet legg vekt på at statistikkane òg blir brukte til forsking og utgreiing. Arbeidet med å oppgradere og fornye IKT-systema til Budsjettnemnda og Driftsgranskingane held fram i 2024.
Kap. 4136 Norsk institutt for bioøkonomi
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
30 | Husleige | 19 446 | 19 915 | 20 935 |
Sum | 19 446 | 19 915 | 20 935 |
Posten gjeld husleige for eigedommar NIBIO leiger av Landbruks- og matdepartementet. Inntektene i 2022 var 19,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,9 mill. kroner i 2024.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
50 | Forskingsaktivitet – Noregs forskingsråd | 206 290 | 195 906 | 184 156 |
51 | Grunnløyvingar til forskingsinstitutt – Noregs forskingsråd | 194 486 | 198 840 | 207 760 |
54 | Næringsretta matforsking m.m. | 207 133 | 190 000 | 225 000 |
70 | Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast | 3 000 | 2 759 | 2 920 |
71 | Bioøkonomiordninga, kan overførast | 545 | ||
Sum kap. 1137 | 611 454 | 587 505 | 619 836 |
Post 50 Forskingsaktivitet – Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje landbruks- og matforsking, først og fremst forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd. Løyvinga skal bidra til å nå hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 206,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Forskingsrådet har i 2022 følgt opp departementet sine føringar om bruk av midlane både gjennom utlysing og tildeling til nye forskingsprosjekt og pågåande forskingsprosjekt.
Rapporteringa nedanfor gir ei oversikt over aktivitet og bruk av Landbruks- og matdepartementet sine forskingsmidlar via Noregs forskingsråd i 2022. Del III av proposisjonen har ei meir utfyllande rapportering på resultat og verknader av forskingsløyvingane.
Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet har i 2022 følgt opp dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning (2019–2028). Dette gjeld «Klima, miljø og miljøvenleg energi», «Mogleggjerande teknologiar», og «Samfunnssikkerheit og samhøyr i ei globalisert verd».
Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett har i hovudsak blitt disponert gjennom porteføljen Landbasert mat, miljø og bioressursar, og delporteføljen Mat og bioressursar (BIONÆR). Porteføljen dekkjer forsking og innovasjon innanfor områda mat, bioressursar, naturmangfald og miljø. I 2022 tildelte departementet om lag 179 mill. kroner til BIONÆR, som hadde 200 aktive prosjekt. Totalt 43 prosjekt blei avslutta i løpet av 2022.
BIONÆR skal bidra til å finansiere forskingsprosjekt innanfor jordbruk, skogbruk, reindrift og andre landbaserte bionæringar. Resultata frå prosjekta gir viktige bidrag både til forvaltning og næringsutvikling, og legg grunnlaget for nye løysingar til dømes innan klimatilpassing innan eksisterande og nye næringar.
Departementet har òg bidrege med forskingsløyvingar til å følgje opp ulike prioriterte område innan fornybar energi. Samla utgjer løyvingane til dei ulike fagområda oppfølginga av departementet sitt sektoransvar innan landbruks- og matforsking.
Innsatsen har vore retta inn mot berekraftig produksjon av nok, sunn og trygg mat, i tillegg til innsats for å redusere utslepp av klimagassar og ta vare på naturmangfaldet. I tillegg har forskingsinnsatsen blitt vidareført på områda dyrehelse og dyrevelferd, og forbruk av antibiotika. Ei utlysing på området berekraftig mat og landbruk resulterte i nye samarbeidsprosjekt om grøn omstilling i skogbruk og jordbruk, og modellar for verdiskaping som tek vare på biomangfald og reduserer klimautslepp. Porteføljen av forskingsprosjekt for omstilling av matsystema produserer stadig ny kunnskap og gode løysingar for meir berekraftige matsystem i framtida.
Løyvinga til Forskingsrådet går òg til forsking for å auke innovasjon, kommersialisering og konkurransekraft innanfor næringane i landbrukssektoren. Dette har vore følgt opp gjennom utlysing av samarbeidsprosjekt, innovasjonsprosjekt og demonstrasjonsprosjekt i 2022. Sju nye innovasjonsprosjekt innan fôr og landbruk, i tillegg til to demonstrasjonsprosjekt, blei tildelt midlar. Forskingsrådet rapporterer om god breidde og blanding av nye og etablerte bedrifter og av store og små bedrifter som søkjer innovasjonsprosjekt. Det er òg eit godt samarbeid mellom Forskingsrådet og verkemiddelapparatet elles. Eit døme på dette er at Forskingsrådet i 2022 lyste ut innovasjonsprosjekt med tematikken berekraftig fôr saman med Innovasjon Norge, SIVA og Enova.
Auka internasjonalisering står sentralt i tildelingar over departementet sitt forskingsbudsjett. Landbruks- og matforsking hadde solid gjennomslag i dei første utlysingane til Horisont Europa i 2022, mellom anna innan områda mat og sirkulær bioøkonomi. Noreg deltek i ei rekkje europeiske partnarskap som er retta mot store utfordringar som Noreg deler med samarbeidslanda og som ikkje kan løysast åleine. Landbruks- og matdepartementet sine midlar blir nytta i internasjonale forskingssamarbeid mellom anna innan klima- og miljø, mattryggleik, mat- og ernæringstryggleik, mat og helse og omstilling til eit grønare samfunn.
Kunnskap om planter og jord som karbonlager blir styrkt gjennom gode resultat i ei nordisk-baltisk utlysing på berekraftig landbruk, med sju nye prosjekt som har norsk deltaking.
Forskingsrådet skal bidra til å auke kvaliteten på og relevansen av forskingsprosjekta. Kvaliteten på norsk forsking og innovasjon innan landbruk, mat og bioressursar er god, og gjennomsnittskarakteren på søknadene til BIONÆR som fekk tildelt midlar var på 5,6 (7 er høgaste karakter).
For å sørgje for ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane i landbrukssektoren samarbeider Forskingsrådet med styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), mellom anna om samordning av prioriterte innsatsområde. FFL/JA sine midlar blir omtalte under kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 184,2 mill. kroner for 2024.
Løyvinga skal over tid bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, og dei forskingspolitiske delmåla, som er omtalte i kat. 15.20.
Departementet legg særleg vekt på forsking, innovasjon og teknologiutvikling som skal bidra til nok, sunn og trygg mat produsert på norske ressursar og auka sjølvforsyning. Samstundes skal klimagassutsleppa frå jordbruket reduserast, opptak av karbon auke og miljøet takast omsyn til. Kunnskap og teknologiutvikling skal bidra til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap innan agronomi og korleis landbruket blir påverka av og best kan tilpassast til eit endra klima. For å utnytte det norske ressursgrunnlaget fullt ut, er det avgjerande med nye og forbetra produksjonsmetodar og kunnskap som gjer det mogleg å tilpasse produksjonen til regionale forhold.
Vidare skal løyvinga leggje grunnlag for ein sirkulær bioøkonomi, auka verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar over heile landet. Kunnskap og teknologiutvikling som kan bidra til auka foredling og meir effektiv utnytting av fornybare biologiske ressursar frå skog og land vil gi viktige bidrag til dette. Forskingsinnsatsen på dette området må sjåast i samanheng med samfunnsoppdraget om berekraftig fôr, inkludert kunnskap knytt til sirkulære løysingar og trygg bruk av bioressurser. Auka utnytting av landbruket sine mange fornybare biologiske ressursar set krav til oppdatert kunnskap om berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling.
I tillegg skal midlane bidra til kunnskap som er viktig for å oppretthalde god dyrehelse og dyrevelferd, og eit lågt forbruk av antibiotika. Det same gjeld kunnskap om samanhengen mellom plantehelse, dyrehelse, folkehelse, matproduksjon og miljø (Éi-helse).
Løyvinga skal bidra til internasjonalt forskingssamarbeid, mellom anna gjennom støtte til sektoren si deltaking i Horisont Europa, og partnarskap som støttar opp under dei landbruks- og matpolitiske måla.
Det er viktig å sjå løyvinga i samanheng med tildelingar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og forskingsmidlar over jordbruksavtalen, jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.
Post 51 Grunnløyvingar til forskingsinstitutt – Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje grunnfinansiering m.m. av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Veterinærinstituttet (VI) og Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis). Forskingsrådet har ansvaret for fordelinga til desse primærnæringsinstitutta.
Løyvingane skal dekkje langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid innan heile breidda av institutta sine faglege aktivitetar. Dei skal òg bidra til ein sterk instituttsektor i landbruks- og matsektoren som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvingane skal nyttast i tråd med retningslinene for statlege grunnløyvingar til forskingsinstitutt.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 194,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Tabell 4.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskinginstitutta for 2022
Driftsinntekter | Driftsresultat | Grunnløyving i 2022 | Løyving disponert til strategiske instituttsatsingar | Grunnløyving per forskarårsverk | Grunnløyving i pst. av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | pst. | |
NIBIO | 856,5 | 6 | 139,2 | 28 | 0,43 | 16,3 |
Veterinærinstituttet | 517,2 | 5,6 | 38,6 | 7,6 | 0,26 | 7,6 |
Ruralis | 48,1 | 1 | 8,8 | 1 | 0,38 | 18,3 |
Sum | 1 413,6 | 12,6 | 186,6 | 36,6 |
Kjelde: Tal frå Årsrapport 2022 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd og Veterinærinstituttet sitt korrigerte årsrekneskap.
Tabell 4.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2022
Samla årsverk | Forskarårsverk som del av samla årsverk | Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk | Publikasjonspoeng per forskarårsverk | |
---|---|---|---|---|
pst. | forh. tal | forh. tal | ||
NIBIO | 654 | 49 | 0,83 | 0,80 |
Veterinærinstituttet | 274 | 53 | 0,92 | 0,67 |
Ruralis | 28 | 82 | 0,74 | 1,39 |
Sum | 956 |
Kjelde: Tal frå Årsrapport 2022 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd.
Norsk institutt for bioøkonomi
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) fekk i 2022 139,2 mill. kroner i grunnløyving, i tillegg til 7,5 mill. kroner i husleigekompensasjon. I 2022 hadde NIBIO 654 årsverk, mot 638 i 2021.
Den samla grunnløyvinga har blitt brukt til strategiske tiltak som nettverksbygging og kompetanseutvikling, finansiering av forprosjekt og vidareføring av til dømes Senter for presisjonsjordbruk og Senter for presisjonsskogbruk. NIBIO har òg brukt midlane til strategiske instituttsatsingar innanfor tema som plantehelse, klimatilpassa skogbruk og reindrift. Dette er fleirårige prosjekt som har som formål å byggje kompetanse på fagområde som vil bli viktige for instituttet framover.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet (VI) fekk i 2022 38,6 mill. kroner i grunnløyving. Instituttet hadde 274 årsverk, mot 277 i 2021. Delar av grunnløyvinga har blitt brukt til to strategiske instituttsatsingar som blei avslutta i 2022. Dette er viktige område som gensekvensering av sjukdomsframkallande bakteriar og dyrehelse. Grunnløyvinga har vidare blitt brukt som eigendel i forprosjekt, forskingsprosjekt, nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Institutt for rural- og regionalforsking
Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis) fekk i 2022 8,8 mill. kroner i grunnløyving. Dei hadde 28 årsverk, mot 30 i 2021.
Delar av grunnløyvinga har i 2022 blitt brukt til to strategiske instituttsatsingar. Dette gjeld berekraftige matsystem for å redusere fattigdom og svolt i låginntektsland, i tillegg til ulike tema knytt til bygdesosiologi. Vidare har løyvinga blitt brukt til finansiering av eigendel i forskingsprosjekt, nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 207,8 mill. kroner til dei tre landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta. Ein prosent av grunnløyvinga til dei landbruks- og matfaglege institutta skal vere resultatbasert og tildelast ut ifrå institutta sine skår på indikatorar for kvalitet og relevans.
Post 54 Næringsretta matforsking m.m.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje forsking innanfor produksjon av nærings- og nytingsmiddel, i tillegg til produksjon av fôrkorn til husdyr. Viktige fagområde er mat- og planteproduksjon, klima, miljø og berekraft, auka konkurransekraft og meir effektiv ressursbruk i sektoren. Løyvinga skal i hovudsak tildelast næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Løyvinga dekkjer òg matforskingsinstituttet Nofima AS sine fleirårige strategiske program. Nofima AS er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor.
Løyvinga er finansiert av forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70, og blir forvalta av eit styre som er oppnemnt av departementet.
Rapportering 2022
I tråd med avgiftsinnbetalinga i 2022 blei det overført 207,1 mill. kroner til Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt. Fondet sine midlar blir forvalta av eit styre samansett av representantar frå heile verdikjeda for mat. I løpet av året blei 25 forskingsprosjekt avslutta og 31 nye prosjekt innvilga. Ved slutten av 2022 hadde ordninga 113 forskingsprosjekt i sin portefølje.
Oxford Research AS evaluerte ordninga i 2022. Den viser at forvaltninga av ordninga er formålstenleg i forhold til formålet, og at styresamansetjinga bidreg til god måloppnåing. God forankring av fondet i næringa sikrar at ordninga har legitimitet og relevans.
Matforskingsinstituttet Nofima AS fekk i 2022 74,7 mill. kroner frå fondet til deira fleirårige strategiske program. Programma tek for seg viktige område som sunnare mat, ein berekraftig matindustri, auka innovasjon i industrien og trygg og haldbar mat. Styret for ordninga har òg tildelt 3,0 mill. kroner til MILJØFORSK i Noregs forskingsråd.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 225,0 mill. kroner til Næringsretta matforsking m.m. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. vedtak II.
Post 70 Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje innovasjonsaktivitet i landbruks- og matsektoren.
Rapportering 2022
Landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole fekk eit tilskott på 3,0 mill. kroner for å vidareutvikle senteret som ein FoU-arena der nye klimaløysingar, for og med landbruket, skal utviklast og visast fram. Tilskottet er brukt til å leggje til rette for demonstrasjonsanlegg, forsking, utviklingsprosjekt og kompetanseformidling.
Tilskottet blei i 2022 mellom anna nytta til fôringskrybber i mjølkefjøset i samarbeid med GENO. Fôringskrybbene vil gi moglegheit for meir kontrollerte fôringsforsøk.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,9 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta som tilskott til landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole.
Post 71 Bioøkonomiordninga, kan overførast
Formålet med løyvinga har vore å fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet til Bioøkonomiordninga blei avvikla i 2021.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 utbetalt 545 000 kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Bioøkonomiordninga fungerer som ein «paraply» over ulike verkemiddel fordelte på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
Løyvinga til bioøkonomiordninga frå Landbruks- og matdepartementet frå denne posten blei avvikla frå og med statsbudsjettet for 2021. Det er difor ikkje innvilga støtte til nye prosjekt med finansiering frå posten i 2022, men det er utbetalt støtte til prosjekt som er innvilga støtte tidlegare år. Porteføljen til bioøkonomiordninga er innlemma i Bionova, jf. omtale under kap. 1152, post 70.
Det er i 2022 utbetalt tilskott til to utviklingsprosjekt innan agriteknologi: sensorteknologi og vertikal dyrking av grøne vekstar. 2022 var det siste året det blei utbetalt støtte frå posten.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 57 629 | 52 286 | 59 438 | 13,7 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 28 099 | 31 366 | 33 355 | 6,3 |
1140 | Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m. | 86 357 | 82 590 | 85 590 | 3,6 |
1141 | Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. | 12 539 | 12 947 | 12 475 | -3,6 |
1142 | Landbruksdirektoratet | 1 516 769 | 2 125 834 | 1 003 018 | -52,8 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 40 882 | 89 400 | 140 400 | 57,0 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 117 081 | 111 969 | 113 646 | 1,5 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 20 723 348 | 24 082 359 | 26 989 280 | 12,1 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 191 998 | 180 000 | 200 000 | 11,1 |
1152 | Bionova | 87 540 | 171 184 | 95,5 | |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 23 948 | 31 910 | 33 800 | 5,9 |
Sum kategori 15.30 | 22 798 650 | 26 888 201 | 28 842 186 | 7,3 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
4141 | Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. | 4 662 | 4 071 | 4 071 | 0,0 |
4142 | Landbruksdirektoratet | 46 231 | 47 853 | 50 463 | 5,5 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 50 | 50 | 0,0 | |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 299 233 | 283 000 | 321 000 | 13,4 |
Sum kategori 15.30 | 350 126 | 334 974 | 375 584 | 12,1 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget under kategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, forvaltning av haustbare viltressursar og støtte til organisasjonar. For nærare informasjon om næringsavtalane, sjå Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.) og Prop. 108 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2023/2024), og handsaminga av desse i Stortinget.
Framlegget under kategorien rettar seg særleg mot desse hovudmåla; landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Landbruksdirektoratet står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken og er støtte- og utgreiingsorgan for departementet, jf. kap. 1142. Det blir lagt vekt på ei brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og formålstenlege juridiske verkemiddel i tillegg til kontroll og dokumentasjon.
Kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er viktig for å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev oversikt over areal- og genressursane, noko som er føresetnadar for lønsam drift og kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ein viktig leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.
Prioriteringar
Prioriteringar i jordbruksavtalen
Jordbruket sin forhandlingsleiar kontakta 21. april statens forhandlingsleiar med informasjon om at Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag stod fast i arbeidet med å bli samde om eit felles krav i årets jordbruksoppgjer. Statens forhandlingsleiar hadde deretter kontakt og møte med organisasjonane med sikte på å finne grunnlag for felles framferd, slik Hovedavtalen for jordbruket krev. Den 22. april overleverte jordbruket sin forhandlingsleiar ein dagsprotokoll i eit utvida leiarmøte, der det gjekk fram at organisasjonane ikkje hadde blitt samde om eit felles rammekrav til årets jordbruksoppgjer. Den 23. april blei organisasjonane bedne om å leggje fram sine posisjoner skriftleg for statens forhandlingsutval. I møte 24. april orienterte statens forhandlingsutval organisasjonane om at regjeringa hadde avgjort at staten ville be Norges Bondelag om å leggje fram krav på vegne av jordbruket i årets jordbruksforhandlingar. Hovudgrunnen til dette var at berre Norges Bondelag godkjente føresetnadene for årets oppgjer.
Norges Bondelags forhandlingsutval sitt krav blei lagt fram 26. april 2023, og statens tilbod blei lagt fram 5. mai. Den 8. mai meldte Norges Bondelags forhandlingsutval at dei ville gå i forhandlingar med staten om ein jordbruksavtale. Deretter var det møte mellom partane i plenum og i arbeidsgrupper om særskilde tema, før det blei gjennomført sonderingar på leiarnivå med sikte på å finne grunnlag for å inngå ein ny jordbruksavtale.
Kravet frå Norges Bondelags forhandlingsutval hadde ei økonomisk ramme på 6 910 mill. kroner, der 5 407 mill. kroner var auka løyvingar over statsbudsjettet. Hovudprioriteringane var ein kraftig auke i inntekt med ei prioritering av mjølkeproduksjon og auka sjølvforsyning.
I plenumsmøte 16. mai konstaterte statens forhandlingsleiar at det var inngått jordbruksavtale mellom partane, og sluttprotokollen blei signert. I avtalen blei det for 2024 lagd til grunn ei ytterlegare nivåheving finansiert ved 864 mill. kroner i endra målprisar frå 1. juli 2023, 2 907 mill. kroner i auka løyving over kap. 1150, 48 mill. kroner i overførde midlar frå 2022 og 328 mill. kroner i auka verdi av jordbruksfrådraget. Avtalen innebar full kostnadskompensasjon frå 2023 til 2024, kronemessig lik inntektsvekst som for lønsmottakarar og full kostnadskompensasjon for avvik samanlikna med føresetnadene i jordbruksoppgjeret i fjor. I tillegg var det lagt til rette for ei nivåheving i inntektsmoglegheitene på 60 000 kroner per årsverk ut over kronemessig lik inntektsvekst som lønsmottakarar frå 2023 til 2024.
Hovudprioriteringane i årets jordbruksoppgjer var eit vesentleg løft for miljø- og klimaarbeidet, sterk prioritering av mjølkeproduksjon, satsing på dei unge, auka konkurransekraft for grøntnæringa og auka forbruk av norsk frukt og grønt, styrking av velferdsordningar og styrking av landbruket i Nord-Noreg.
Tilskottsramma til Landbrukets utviklingsfond blei auka med 198 mill. kroner frå 2023 til 2024, til 2 519 mill. kroner. For å styrkje kapitalsituasjonen til fondet blei det tilført 168,7 mill. kroner i eingongsmidlar i 2023. Løyvinga til fondet for 2024 blei auka med 273 mill. kroner til 2 396 mill. kroner. Løyvinga for 2024 auka med 75 mill. kroner meir enn det tilskottsramma auka med.
Regjeringa har gjennomført fleire tiltak for å redusere konsekvensane av kostnadsbølga for jordbruket, både gjennom ekstraordinære løyvingar etter tilleggsforhandlingar, ekstra løyve til investeringar over Landbrukets utviklingsfond og straumstønad. Saman med auken i løyvingane over statsbudsjettet dei to siste jordbruksoppgjera, viser dette regjeringa si sterke prioritering av jordbruket, og viljen til å bidra til størst mogleg grad av tryggleik i ei usikker tid.
Regjeringa arbeider for auka inntektsmoglegheiter i jordbruket og tetting av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Gryttenutvalet drøfta korleis ein kan måle inntekter for jordbruket som sektor og for bønder som private næringsdrivande, samt grunnlag og forutsetningar for samanlikning av næringsinntekter med løn for arbeidstakarar. Det er naudsynt å innarbeide avgrensingar og føresetnader for eit nivåmål for inntektssamanlikning. Gryttenutvalet føreslo ein operativ måte å innarbeide avgrensingar og føresetnader på, som fekk kritikk i høyringa. Regjeringa arbeider for å få fram saka så fort det er forsvarleg.
Det var semje i jordbruksoppgjeret om å løfte miljø- og klimaarbeidet i landbruket vesentleg. Formålet er både å redusere miljøbelastninga frå jordbruket inkludert klimagassutsleppa per produserte eining, og å styrkje miljøgoda som blir produserte av jordbruket. Avsetjinga til ordningar med klima- og miljøeffekt blir auka med 1 113 mill. kroner frå 2023 til 2024, og den samla løyvinga til desse ordningane er 9 305 mill. kroner i 2024. Oppfølging av klimaavtalen mellom staten og jordbruket blei prioritert, i tillegg til tiltaksplan for Oslofjorden.
Prioriteringar i reindriftspolitikken
I Hurdalsplattformen legg regjeringa til grunn at reindrifta er viktig for å bevare samisk kultur, samfunnsliv og språk. Reindrifta har eit potensial for auka verdiskaping. Dette gjeld særleg auka vidareforedling av reinkjøtt, og formidling av reindriftssamisk kultur og levesett. Reindrifta skal utviklast med eit tredelt mål om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft.
Reindriftsavtalen 2023/2024 blei inngått mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund 15. februar 2023. Hovudprioriteringane i avtalen er dei direkte tilskotta, ivaretaking av reindrifta sine areal, klimatilpassing, beredskap og tilleggsnæringar.
Hovudmålet for reindriftspolitikken er ei berekraftig reindrift, med delmåla økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Dei tre delmåla er ikkje operasjonaliserte tidlegare, men det er utarbeidd kriterium og normer for økologisk berekraft, som blir nytta av forvaltninga og næringa ved fastsetjing av reintal. Ei operasjonalisering av alle dei tre delmåla er over tid etterlyst av Riksrevisjonen, Stortinget, Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund. Ei arbeidsgruppe nemnd opp av Landbruks- og matdepartementet leverte i desember 2020 rapporten Kriterier for bærekraftsmålene i reindriftspolitikken. Arbeidsgruppa var sett saman av representantar frå Norske Reindriftsamers Landsforbund, Sametinget, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark og blei leia av Landbruks- og matdepartementet. Formålet med å utarbeide kriterium er å ha eit godt grunnlag for å rapportere til Stortinget, og for å kunne vurdere i kva grad måla i reindriftspolitikken er nådde. Kriteria vil vere eit viktig grunnlag for evalueringar av verkemidla og for å vurdere behov for eventuelle justeringar. Kriteria kan òg på sikt integrerast i styringsdialogen med Landbruksdirektoratet og statsforvaltaren. Rapporten har vore på høyring, og Statsforvaltaren i Nordland, Statsforvaltaren i Trøndelag, Reindriftsstyret, Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund har gitt uttale om rapporten. Departementet vil på bakgrunn av rapporten og uttalane utarbeide eit sett med kriterium og indikatorar, som vil bli presentert i proposisjonen om reindriftsavtalen for 2024/2025. Status for kriteria og indikatorane skal rapporterast årleg når reindriftsavtalen blir lagd fram for Stortinget.
Eit reintal som er tilpassa beitegrunnlaget er avgjerande for å nå målet om berekraftig reindrift. Reintalet i både Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde auka i 2022, og ligg over det øvre fastsette reintalet. Oppfølging av reintalet er ei prioritert oppgåve for reindriftsforvaltninga.
Landbruks- og matdepartementet har i 2023 starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av reindriftslova. Departementet legg opp til brei involvering av ulike partar, deriblant Norske Reindriftsamers Landsforbund og Sametinget. Forslaget til endra reindriftslov frå lovutvalet som var sett saman av Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund, vil vere eit bidrag i arbeidet med å gjennomgå reindriftsloven.
Klimaendringane fører til endringar i driftsmønsteret og uventa hendingar. Frekvensen av periodar med låste beite har auka vesentleg, og slike forhold gir auka kostnader og krev investeringar i mellom anna infrastruktur. I reindriftsavtalen 2023/2024 blei avtalepartane samde om å starte eit arbeid for å vurdere moglege tiltak for klimatilpassing i reindrifta. Ei arbeidsgruppe sett saman av representantar oppnemnd av NRL og Landbruks- og matdepartementet skal gjere ei slik vurdering.
Tilgang på naudsynte areal er ein føresetnad for at reindriftsnæringa skal nå målet om auka produksjon og lønsemd. Ivaretaking av areala er ei av dei største utfordringane reindrifta har i dag. Redusert fleksibilitet i arealbruken er òg ei utfordring sett i samanheng med klimaendringane, og desse endringane gjer reindrifta meir utsett i område med mykje rovvilt. Regjeringa legg til rette for å byggje opp eit fagmiljø for reindrift og arealforvaltning i Landbruksdirektoratet. Styrkinga av direktoratet skal mellom anna leggje til rette for å byggje opp kompetanse om reindrift i kommunane, slik at kommunane kan vareta reindrifta i si arealplanlegging.
Tap av rein til rovvilt er ei stor utfordring. I enkelte reinbeitedistrikt har det over tid blitt erstatta opp mot halvparten av kalveproduksjonen som tap til rovvilt. Sjølv om tapet blir erstatta, vil det gi negative konsekvensar for den enkelte siidaandel og reindriftsfamilie. Dette fordi endra aldersstruktur i simleflokken kan gi lågare kalvetilgang det etterfølgjande året, med tapte produksjonsinntekter som resultat.
Rovviltpolitikken har innverknad på samisk reindrift. Det er difor viktig at tiltak som blir sette i verk når det gjeld rovvilt òg blir vurderte opp mot dei forpliktingane staten har overfor samane som urfolk. Dette gjeld både materielle forpliktingar til å sikre mellom anna naturgrunnlaget for den samiske reindrifta, og prosessuelle forpliktingar som gjeld konsultasjonar og deltaking i avgjerder som kan påverke samiske interesser direkte.
Departementet etablerte i 2022 eit prosjekt for å redusere restansar på reindriftsområdet hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Statsforvaltaren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Nordland blei nemnde opp som settestatsforvaltarar, og fullfører hausten 2023 alle dei overførte restansane. Restanseprosjektet har lagt til rette for at Statsforvaltaren i Troms og Finnmark kunne prioritere andre område der det òg var bygd opp restansar. Prosjektet vil bli evaluert, og evalueringa vil vere eit godt bidrag til kunnskap om korleis statsforvaltarane kan arbeide på tvers av embeta.
Landbruksdirektoratet arbeider med digitalisering av reindriftsforvaltninga, og dette er ei prioritert oppgåve for direktoratet. Departementet vil gjere enkelte endringar i regelverket på reindriftsområdet som er naudsynte av omsyn til nye digitale system.
Prioriteringar i skogpolitikken
Skogpolitikken blir følgd opp i tråd med Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring. Her går det mellom anna fram at auka vidareforedling av norsk tømmer i lønsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere viktig for auka verdiskaping og for positive nærings-, miljø- og klimabidrag frå sektoren. Strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, som blei lagt fram i 2019, blir følgt opp mellom anna gjennom Dialogforum for skog- og trenæringa, der representantar frå skog- og trenæringa, forsking og forvaltning deltek. I regjeringa sitt vegkart for eit grønt industriløft er skog- og trenæringa og anna bioøkonomi peikt ut som eitt av fleire særskilde innsatsområde. Målet er å leggje til rette for å skape verdiar og lønsame jobbar i heile landet, auke dei grøne investeringane, auke eksporten frå fastlandet og kutte klimagassutslepp på veg mot lågutsleppssamfunnet. God forvaltning av skogressursane er òg viktig i klimapolitikken.
Dei viktigaste økonomiske verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og tilskott til produksjon av fornybar energi, særleg bioenergi.
Verkemiddelbruken knytt til forbetring av skogsvegnettet og andre infrastrukturtiltak i skogbruket har høg prioritet. Ein god transportinfrastruktur er viktig for å styrkje konkurransekrafta til skog- og trenæringa og auke sektoren sitt bidrag til det grøne skiftet i norsk økonomi.
Prioriteringar i forvaltninga av haustbart vilt
Landbruks- og matdepartementet har sidan 2018 hatt ansvaret for forvaltning av haustbare viltressursar etter viltlova, og har som ein del av dette ein eigen styringsdialog med Miljødirektoratet. Regjeringa vedtok i mars 2023 å flytte oppgåvene med forvaltning av haustbare viltressursar frå Miljødirektoratet i Trondheim, til Landbruksdirektoratet i Steinkjer. Landbruks- og matdepartementet vil foreslå for Stortinget å endre lova slik at Landbruksdirektoratet òg blir viltmyndigheit. Direktorata arbeider med å førebu flyttinga av oppgåvene. Det er så langt ikkje teke stilling til tidspunkt for iverksetjing av ansvarsendringa.
Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har sidan våren 2020 samarbeidd om ei modernisering av viltlova. Det er naudsynt med betre samordning mellom viltlova og anna relevant regelverk, og klargjering som følgje av nye utfordringar på området. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av dei haustbare viltressursane og auka næringsutvikling på området. Arbeid for å dempe interessekonfliktar mellom haustbare viltartar og viktige samfunnsomsyn vil òg vere prioriterte område framover.
Prioriteringar i landbruket sin klima- og miljøpolitikk
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. Resultatrapportering for målet berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er omtalt i del III av proposisjonen.
Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn ligg til grunn for arbeidet med klimatilpassing, både for det sektorovergripande samarbeidet og for den enkelte sektor, slik som landbruk.
For ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker, sjå Prop. 1 S (2023–2024) frå Klima- og miljødepartementet.
Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavenleg retning. I jordbruksoppgjeret 2023 blei miljø- og klimainnsatsen ytterlegare styrkt. Det er viktig for regjeringa å vektleggje arbeidet med grøn omstilling og vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til biobasert sirkulær økonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Årets jordbruksavtale skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap, under dette oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden. Ei satsing på betre kunnskap om bruk av metanhemmere i fôret til drøvtyggjarar blei spesielt prioritert i forhandlingane. Dette vil vere eit svært viktig tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket, samtidig som matproduksjonen blir oppretthalden. Det blei vedteke i jordbruksoppgjeret 2023 å tildele 10 mill. kroner i prosjektmidlar til prosjektet MetanHUB for 2024. Det blei vidare vedteke å setje ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut korleis husdyrtilskotta til storfe og småfe kan utviklast frå å vere eit reint husdyrtilskott til og å vere eit tilskott som bidreg til reduserte klimagassutslepp frå husdyrproduksjonen, mellom anna gjennom å fase inn krav eller insitamentar. Regjeringa har som mål at bruk av metanhemmande tilsetningsstoff er innfasa i dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane i 2027. Totalt blir avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad på jordbruksavtalen auka med 1 113 mill. kroner frå 2023 til 2024. Sjå Prop. 121 S (2022–2023) for nærare detaljar.
Regjeringa vektlegg grøn omstilling og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa legg vidare vekt på at tiltak ikkje skal auke dei globale utsleppa og at dei ikkje skal gå ut over matproduksjonen. Intensjonsavtalen om klima som blei inngått mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket i 2019, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030 og Stortingets handsaming av denne. Regjeringa arbeider gjennom rekneskapsgruppa under intensjonsavtalen med å vidareutvikle kunnskapen om klimatiltak i jordbruket, slik at fleire tiltak på sikt kan innlemmast i utsleppsrekneskapen.
Regjeringa har no oppretta Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 gjennom å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. I tillegg skal Bionova bidra til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav. Regjeringa gjer framlegg om ei auka løyving på 83,6 mill. kroner til Bionova på kap. 1152, post 70 samanlikna med saldert budsjett 2023. Auken i løyving må mellom anna sjåast i samanheng med auka avgifter for veksthusnæringa og behov for å leggje til rette for omstillingstiltak også i denne næringa. Det er behov for verkemiddel både innan omlegging til fornybar energi i jordbruket og verkemiddel som skal byggje opp under verdikjeder for mellom anna fôr, gjødsel og gjenbruk og smarte løysingar for ein effektiv matproduksjon. Sjå kap. 1152 for meir informasjon om Bionova.
Regjeringa vil arbeide vidare med å utvikle kunnskapen om jordbruk og klima, mellom anna kunnskapen om kva effekt ulike verkemiddel har på utsleppa, og korleis verkemidla betre kan innrettast for å vareta og balansere omsyna til dei landbrukspolitiske måla med klima- og miljømål. Regjeringa vil difor greie ut korleis ein kan talfeste utsleppsvirkningar av fleire klima- og miljørelevante ordningar i jordbruksavtalen. Regjeringa vil og greie ut korleis utsleppa av lystgass frå mineralgjødsel kan reduserast med til saman 0,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar fram til 2030. Regjeringa gjer vidare framlegg om å auke satsen på avgift for bruk av LPG og naturgass i veksthusnæringa frå 8 til 15 pst. av ordinær sats.
Miljøprogramsatsinga over jordbruksavtalen omfattar viktige verkemiddel for å stimulere til meir miljøvenleg drift. Det er difor viktig å vidareføre denne satsinga. For mykje næringssalt er ein av dei tre faktorane som har størst innverknad på våre vassdrag og kystområde. Dei viktigaste kjeldene til dette er separate avløpsanlegg som ikkje tilfredsstiller reinsekrava, restutslepp frå kommunale avløpsanlegg og arealavrenning frå jordbruket. Ytterlegare reduksjon av forureining av vatn, som avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmidlar, er difor viktig. Samla gjennomføring av ulike tiltak for jordarbeiding, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala. Strukturendringar og endring i driftsformer gir utfordringar for naturmangfaldet i jordbrukslandskapet og for økosystemtenester levert frå jordbrukslandskapet. Eit variert jordbrukslandskap gir viktige leveområde for mange artar. Ei rekkje ordningar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå skal sørgje for tiltak og rett skjøtsel av verdifulle landskap, verdifulle artar og naturtypar, i tillegg til å bidra til at status for kulturminne og kulturmiljø i jordbruket blir betra. Tiltak for å betre forholda for pollinerande insekt blir følgde opp i tråd med Nasjonal pollinatorstrategi og Tiltaksplan for ville pollinerande insekt 2021–2028.
Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. I regjeringa sin klimastatus og -plan, vedlegg til Prop. 1 S (2023–2024), går det fram at regjeringa vil vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog og vurdere nye klimatiltak som har høgt potensial for auka opptak og er enkle å implementere, i tillegg til å leggje til rette for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er i ferd med å sluttføre ei kartlegging av årsaker til at skogeigar avverkar skog før hogstmoden alder. Basert på denne, vil det bli vurdert om det er behov for verkemiddel for å fremje seinare hogst med sikte på å styrkje karbonopptaket i skogen. Regjeringa har starta arbeidet med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, og skog er første økosystem ut. Som del av arbeidet vil regjeringa utarbeide eit felles kunnskapsgrunnlag om den økologiske tilstanden i norsk skog. Kunnskapsgrunnlaget skal baserast på tilgjengeleg kunnskap supplert med eventuelt ny kunnskap.
Prioriteringar i areal- og ressurspolitikken
Matjorda er den viktigaste ressursen for norsk matproduksjon, både i dag og for framtidige generasjonar. Ny jordvernstrategi blei lagd fram for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.). Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Målet skal vere nådd innan 2030. Strategien inneheld nye, konkrete tiltak for å nå dette målet. Regjeringa vil følgje opp den nye strategien. Tilskottsordninga for utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar blir ført vidare og styrkt i 2024.
Landbruksdirektoratet vil i 2024 halde fram med å styrkje og utvikle det faglege arbeidet med arealbruken i landbruket knytt til oppgåver innanfor klima og miljø, og den todelte målsetjinga i rovdyrpolitikken.
Regjeringa vil at matjorda skal bli brukt til matproduksjon. For å leggje til rette for eit levande landbruk i heile landet, vil regjeringa òg handheve verkemidla i eigedomslovgivinga. Det er sett i gang arbeid med å revidere delar av eigedomslovgivinga. Det gjeld mellom anna konsesjonslova og jordlova.
Landbruk er ein føresetnad for å ta vare på kulturlandskapet, og dette landskapet gir ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Jordbruket sitt kulturlandskap er dessutan særleg viktig leveområde for mange artar av planter og dyr. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal òg framover bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved like. Ordningane over jordbruksavtalen med utvalde kulturlandskap i jordbruket og ivaretaking av kulturlandskapsverdiane i verdsarvområda, blir ført vidare i 2024. Talet på utvalde kulturlandskap er auka til 51 område over heile landet. Verdsarven Røros bergstad og Circumferensen blei innlemma i ordninga frå 2023, og frå 2024 vil buffersona, også kalla Circumferensen, inngå i ordninga over jordbruksavtalen. Med målretta tiltak og prioriteringar vil ein kunne styrkje landbruket og med det vareta internasjonale pliktar om å ta vare på verdiane i verdsarvområda.
Det genetiske mangfaldet av planter, husdyr og skogtre er ein viktig ressurs for landbruket. Dette mangfaldet utgjer ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket, ikkje minst i møte med klimaendringar. I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Endra klima er ei utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale i landbruket og tilpassa skogtre i skogbruket. Ordninga med tilskott til genressurstiltak bidreg til å oppfylle pliktene Noreg har i Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar, og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, planter og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk. Departementet vil i 2024 setje i verk strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk gjennom ein nasjonal tiltaksplan for genetiske ressursar. Dette vil innebere tydlege prioriteringar for arbeidet, å synleggjere aktørane si rolle og oppgåver og presisere det nasjonale ansvaret for landbruket sitt genetiske mangfald.
Departementet har ansvaret for drifta av Svalbard globale frøhvelv. Frølageret har ei viktig rolle i arbeidet med å auke forståinga for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette.
Departementet vil leggje vekt på eit effektivt nordisk samarbeid for å ta vare på genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling. Målet er å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Avskoging er ei relativt stor kjelde til CO2-utslepp i Noreg. Den viktigaste årsaka er nedbygging av areal til bygg og vegar som skjer i regi av mange ulike sektorar. Det er difor viktig med samarbeid på tvers av sektorar for å redusere utsleppa. Landbruks- og matdepartementet har sett i gang arbeid med mål om å redusere nedbygging av areal til landbruksformål. Dette omfattar mellom anna verkemiddel for å sikre at endring av arealbruk frå skog til beite byggjer på reelle behov.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
70 | Støtte til organisasjonar | 48 302 | 40 640 | 43 062 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 1 400 | 1 335 | 1 415 |
72 | Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk | 7 927 | 6 311 | 9 715 |
73 | Nasjonalt senter for fjellandbruk | 4 000 | 4 246 | |
74 | Opplysningstiltak i landbruket | 1 000 | ||
Sum kap. 1138 | 57 629 | 52 286 | 59 438 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor Landbruks- og matdepartementets målområde.
Dette omfattar organisasjonar som
formidlar kunnskap og fremjar forståing for verdien av landbruk, matproduksjon og matkultur
synleggjer yrkesmoglegheiter knytte til garden sine ressursar
fremjar berekraftig landbruk, verdiskaping og landbruksbasert næringsutvikling
Løyvinga skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og bidra til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og nasjonalt.
Departementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. Det blir sett krav om årsrapportering i form av årsmelding/årsberetning og revisorgodkjend rekneskap. Dette er grunnlag for oppfølging og kontroll, og skal sendast departementet innan 1. juni påfølgjande år. For organisasjonar som mottek tilskottsbeløp mindre enn 200 000 kroner, er det ikkje sett krav om at rekneskapen skal vere revisorgodkjend.
Ordninga skal forvaltast slik at ho er i tråd med reglane for statsstøtte i EØS-avtalen.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 48,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga, jf. tabell 4.3.
Tabell 4.3 Støtte til organisasjonar i 2022 (i kroner)
Organisasjon | Løyving 2022 |
---|---|
4H Norge | 7 100 000 |
Det Kongelige Selskap for Norges Vel | 1 900 000 |
Det Norske Hageselskap | 1 090 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 190 000 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 400 000 |
Dyrevernalliansen | 740 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 600 000 |
GMO-Nettverket | 1 490 000 |
HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske | 2 150 000 |
Hest og Helse | 230 000 |
Jordvern Norge | 200 000 |
Kvinner i skogbruket | 170 000 |
Matsentralen Norge | 14 800 000 |
Matvett AS | 410 000 |
NOAH – for dyrs rettigheter | 730 000 |
Norges Birøkterlag | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 400 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 130 000 |
Norsk Bonde- og Småbrukarlag, prosjekt «Slipp oss til – Ungdom inn i landbruket» | 250 000 |
Norsk Gardsost | 370 000 |
Norsk seterkultur | 180 000 |
Norske Lakseelver | 540 000 |
Spire | 100 000 |
Stiftinga Bondens marked Norge | 500 000 |
Stiftinga Geitmyra matkultursenter for barn | 4 380 000 |
Stiftinga Norsk Kulturarv | 350 000 |
TreSenteret i Trondheim | 300 000 |
Ungt Entreprenørskap Norge | 350 000 |
Vitenparken Campus Ås | 3 000 000 |
Økologisk Norge | 3 002 000 |
Sum | 48 302 000 |
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 43,1 mill. kroner i støtte til organisasjonar, jf. tabell 4.4.
Tabell 4.4 Støtte til organisasjonar i 2023 og budsjettframlegg for 2024 (i kroner)
Organisasjon | Løyving 20231 | Løyving 2024 |
---|---|---|
4H Norge | 7 251 644 | 7 300 000 |
Det Kongelige Selskap for Norges Vel | 1 273 634 | 1 275 000 |
Det Norske Hageselskap | 818 108 | 825 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 116 345 | 1 500 000 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 373 817 | 600 000 |
Dyrevernalliansen | 694 524 | 700 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 502 418 | 1 500 000 |
Foreningen Norske Etologer | 0 | 50 000 |
GMO-Nettverket | 1 399 261 | 1 370 000 |
HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske | 2 020 247 | 2 030 000 |
Hest og Helse | 214 485 | 350 000 |
Jordvern Norge | 185 887 | 350 000 |
Kvinner i skogbruket | 158 311 | 160 000 |
Mat og Helse i skolen | 0 | 300 000 |
Matsentralen Norge | 14 483 881 | 14 607 000 |
Matvett AS | 384 031 | 390 000 |
Norges Birøkterlag | 232 870 | 235 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 408 543 | 415 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 132 777 | 300 000 |
Norsk Bonde- og Småbrukarlag prosjekt «Slipp oss til – Ungdom inn i landbruket» | 79 666 | 130 000 |
Norsk Gardsost | 346 240 | 350 000 |
Norsk seterkultur | 167 503 | 200 000 |
Norske Lakseelver | 505 572 | 540 000 |
Spire | 91 922 | 100 000 |
Stiftinga Bondens marked Norge | 468 803 | 500 000 |
Stiftinga Geitmyra matkultursenter for barn | 1 360 448 | 1 375 000 |
Stiftinga Norsk Kulturarv | 326 835 | 300 000 |
TreSenteret i Trondheim | 279 852 | 0 |
Ungt Entreprenørskap Norge | 326 835 | 360 000 |
Vitenparken Campus Ås | 2 083 571 | 2 100 000 |
Økologisk Norge | 2 819 970 | 2 850 000 |
Sum | 41 508 000 | 43 062 000 |
1 Inkludert ekstraordinær prisjustering for 2023
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje medverknad i internasjonale skogpolitiske prosessar og anna internasjonalt skogsamarbeid.
Noreg arbeider for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom United Nations Economic Commission for Europe (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek her. Noreg er òg medlem i andre regionale skogsamarbeid, arbeidsgruppa Working Group on Barents Forest Sector innanfor Barentssamarbeidet, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek. Vidare er skog og skogbruk ein del av samarbeidet i Nordisk ministerråd.
Løyvinga dekkjer òg norsk medverknad i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på kap. 1136, post 50, som skal dekkje bidrag frå instituttet til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 1,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Noreg har i 2022 bidrege med 1,2 mill. kroner til eit fond som finansierer verksemda i Policy Support Facility under EFI. Dette programmet skal kople forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsutvikling knytt til nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid.
The International Union of Forest Research Organizations (IUFRO), eit internasjonalt samarbeid mellom skogforskingsinstitusjonar, arrangerer sin verdskongress i Sverige i 2024. Kongressen blir arrangert i samarbeid mellom dei nordiske og baltiske landa. Noreg har støtta arbeidet med 200 000 kroner i 2022.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,4 mill. kroner til internasjonalt skogsamarbeid.
Hovuddelen av løyvinga vil bli nytta til å føre vidare bidraget til arbeidet i EFI. Løyvinga skal òg nyttast til vidare oppfølging av internasjonalt skogsamarbeid, mellom anna IUFRO-kongressen i Sverige i 2024.
Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Formål med løyvinga
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting og eit nasjonalt senter for tverrfagleg forsking og kunnskapsformidling for å utvikle økologisk landbruk. NORSØK bidreg med kunnskap for eit meir berekraftig samfunn. Fagområda er økologisk landbruk og forbruk, miljø og berekraft og fornybar energi. Løyvinga skal nyttast til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av midlane kan gå til forskingsretta arbeid.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 7,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Som overordna føring for NORSØK si bruk av løyvinga for 2022, ligg Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018–2030 og tilhøyrande Økologiprogram 2019–2030.
I 2022 har NORSØK formidla kunnskap om økologisk produksjon og forbruk gjennom foredrag på kurs, konferansar og fagdagar, skriftlege artiklar på nettsider og populærvitskaplege artiklar og utarbeiding av meir omfattande dokument som fagrapportar og temaark (Faginfo). NORSØK leverer mellom anna fast ulike artiklar til fagbladet Økologisk landbruk som blir gitt ut av Norsk Landbruksrådgiving. I 2022 hadde NORSØK 224 oppslag publisert av andre i regionale og nasjonale media. Dette er ein oppgang på 29 pst. samanlikna med 2021.
Nettsida agropub.no blir driven av NORSØK. Agropub hadde 159 000 unike brukarar i 2022, ein oppgang på 3,7 pst. frå 2021. NORSØK har òg det norske redaktøransvaret for det internasjonale nettstaden Organic e-print, der vitskaplege og populærvitskaplege publikasjonar blir lagde ut.
NORSØK er representert i ei rekkje faste samarbeidsforum/arenaer der sentrale aktørar for utvikling av økologisk jordbruk i Noreg møtest. Dei har òg eit breitt samarbeid med forskingsinstitusjonar, organisasjonar, rettleiingsapparat med meir.
NORSØK deltok i 2021 og 2022 i fleire FoU-prosjekt og utgreiingar, der løyvinga inngår som ein del av finansieringa av prosjekta. Innanfor områda dyrehelse, dyrevelferd og driftsopplegg har NORSØK i 2022 brukt løyvinga over posten til å styrkje formidlingsaktiviteten frå desse og andre husdyrprosjekt. I tråd med føringar for løyvinga har dei òg arbeidd med prosjekt innanfor tema som antibiotikaresistens, jordkvalitet, agronomi, klima, planter og energi, og småskala matproduksjon og forbruk.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 9,7 mill. kroner til NORSØK. Dette er ei styrking på vel 3 mill. kroner.
Post 73 Nasjonalt senter for fjellandbruk
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til eit nasjonalt senter for fjellandbruk. Målet med løyvinga er å fremje eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellområda, med utgangspunkt i fjellbygdene sine særtrekk og fortrinn. Øystre Slidre kommune tok i 2023 over Løken gard vederlagsfritt frå staten for å leggje til rette for eit nasjonalt senter for fjellandbruk.
Rapportering 2022
Posten var ny frå 2023.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,2 mill. kroner til eit nasjonalt senter for fjellandbruk som er etablert på Løken gard i Øystre Slidre kommune. Midlane skal gå til oppstart av senteret sine aktivitetar, som rådgiving, formidling av kunnskap og bygging av nettverk i 2024.
Post 74 Opplysningstiltak i landbruket
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til opplysningstiltak i landbruket. Målet med løyvinga er å gi auka kunnskap og interesse for berekraftig landbruk og for betydninga av norsk landbruksproduksjon. Målgruppa for tilskottet vil vere organisasjonar, institusjonar og kommunar som gjennomfører prosjekt innanfor formålet.
Rapportering 2022
Posten var ny frå 2023.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner i tilskott til opplysningstiltak i landbruket. Det vil bli gitt tilskott til prosjekt som bidreg til god formidling og auka kunnskap og interesse for berekraftig landbruk og verdien av norsk landbruksproduksjon. Prosjekt som er retta mot barn og unge og som kan bidra til auka rekruttering til landbruket vil bli prioriterte.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
21 | Spesielle driftsutgifter – Svalbard globale frøhvelv | 11 150 | 11 934 | |
50 | Miljøregistreringar i skog | 4 550 | 4 824 | |
70 | Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante og skogtregenetiske ressursar, kan overførast | 7 040 | 7 457 | |
71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast | 28 099 | 8 626 | 9 140 |
Sum kap. 1139 | 28 099 | 31 366 | 33 355 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter – Svalbard globale frøhvelv
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje drift av Svalbard globale frøhvelv, under dette husleige, driftsutgifter, koordinering av frømottak og informasjon til depositørar og til omverda. Det globale tryggingslageret for frø på Svalbard har god oppslutning frå genbankane i verda. Landbruks- og matdepartementet har inngått avtale både med internasjonale jordbruksforskningssentre, nasjonale frøbevaringsinstitusjonar og private frøsamlingar om langsiktig sikringslagring av deira frø på Svalbard. Frøkvelvet blir drifta i eit samarbeid mellom departementet, Nordisk genressurssenter (NordGen) og den internasjonale organisasjonen Global Crop Diversity Trust. Internasjonale aktørar, det internasjonale panelet for frøkvelvet og partsmøte i Den internasjonale plantetraktaten er viktige støttespelarar i drifta av frøkvelvet.
Rapportering 2022
Posten var ny frå 2023. For rapportering for 2022, sjå kap. 1139, post 71.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 11,9 mill. kroner til drift av Svalbard globale frøhvelv. Løyvinga kan òg nyttast til tiltak under Den internasjonale plantetraktaten.
Post 50 Miljøregistreringar i skog
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til kunnskapsutvikling og metodeutvikling innanfor miljøregistreringar i skog. Registreringane skal leggje til rette for at skogbruket kan ta omsyn til biologisk mangfald og andre miljøverdiar ved berekraftig forvaltning av skogressursane.
Rapportering 2022
Posten var ny frå 2023. For rapportering for 2022, sjå kap. 1139, post 71.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,8 mill. kroner. Løyvinga skal gå til vidare kunnskapsoppbygging omkring biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga gjennom prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Landbruksdirektoratet, som nasjonal fagstyresmakt, har ansvaret for verkemiddelbruken retta mot mellom anna skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. NIBIO skal, på oppdrag frå Landbruksdirektoratet, òg samle MiS-data og anna relevant miljøinformasjon frå ulike kjelder i karttenesta Skogportalen, og tilpasse tenesta til næringa og offentleg forvaltning.
Departementet la våren 2021 fram ein rapport utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet i kontakt med skogeigarorganisasjonane. Rapporten peika mellom anna på fleire tiltak for auka ivaretaking av nøkkelbiotopar. Departementet, Landbruksdirektoratet og MiS-prosjektet ved NIBIO arbeider saman for å følgje opp rapporten og andre resultat og erfaringar frå forskinga og arbeidet med miljøregistreringane for å vidareutvikle og betre opplegget for registreringane. Stortinget bad i mars 2023, i oppmodings- og utgreiingsvedtak nr. 519, regjeringa gå gjennom metodane for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog, og dette blir følgd opp i denne samanhengen.
Post 70 Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få verdi for mat og landbruk i Noreg, jf. forskrift om tilskott til genressurstiltak. Midlane blir forvalta av Landbruksdirektoratet.
Rapportering 2022
Posten var ny frå 2023. For rapportering for 2022, sjå kap. 1139, post 71.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,5 mill. kroner. Forskrift om tilskott til genressurstiltak opnar for å gi tilskott opp til tre år. Forskrifta har òg ein regel om at minst 25 pst. av tilskottet skal haldast tilbake til prosjektet er fullført, og sluttrapport og sluttregnskap er godkjende. Det er difor knytt ei tilsegnsfullmakt til posten på 9,0 mill. kroner, jf. tabell 4.5 og framlegg til vedtak.
Tabell 4.5 Tilsegnsfullmakt for tilskott til genressurstiltak i 2024. (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2023 | 7,2 | |
+ | Venta tilsegn i 2023 | 8,4 |
= | Sum | 15,6 |
- | Venta utbetalingar i 2023 | 7,4 |
= | Venta ansvar 31.12.2023 | 8,2 |
+ | Venta nye tilsegn i 2024 | 8,2 |
= | Sum | 16,4 |
Framlegg til løyving i 2024 | 7,45 | |
Tilsegnsfullmakt i 2024 | 8,95 |
Det er ei sentral målsetjing for bruken av midlane å sikre langsiktig bevaring av genetiske ressursar i tråd med Nasjonal strategi og tiltaksplan for bevaringsverdige genressursar ved å støtte opp om forpliktande eigeninnsats frå private, lokale og offentlege samarbeidspartnarar. I 2024 vil det òg bli lagt vekt på å stimulere til auka bruk og næringsutvikling basert på dei genetiske ressursane, og i møte med nye utfordringar, til dømes klimaendringar.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje støtte til tiltak innanfor målet om berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket. Løyvinga omfattar tiltak for å styrkje nasjonalt og internasjonalt arbeid med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 28,1 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Genressurstiltak
Løyvinga skal dekkje tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante-, og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få verdi for mat og landbruk i Noreg, jf. forskrift om tilskott til genressurstiltak. Midlane blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Det blei innvilga 7,6 mill. kroner i tilskott til genressurstiltak fordelt på i alt 63 drift- og prosjekttiltak. Alle tilskotta gjekk til aktivitetar som skal sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskott til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv som tek hand om truga husdyrrasar, og plante- og skogtregenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter. Det blei som tidlegare gitt støtte til drifta av genbanken for verpehøns på Hvam, der dei tidlegare kommersielle verpehønslinene er bevarte i ein levande genbank. Vidare blei det gitt tilskott til prosjekt for å identifisere skjøtselsbehov for dei ville slektningane til kulturplantene i Færder nasjonalpark og for å vurdere historiske eplesortar og villeple til siderproduksjon. Det blei òg gitt tilskott til vandreutstillingar kor dommarar reiser rundt til bønder av alle dei bevaringsverdige storferasane og hjelper til i dømming av desse og utvekslar avlsråd.
Svalbard globale frøhvelv
I 2022 blei det lagt inn totalt 69 825 nye sikkerheitskopiar av frø frå i alt 31 genbankar rundt om i verda. 4 nye genbankar (frå Spania, Litauen, Irak og Uruguay) tok i bruk frøkvelvet for første gong. På slutten av 2022 sikra frøkvelvet i alt 1 195 244 variantar av frø av det totale globale mangfaldet av mat- og jordbruksplanter. Det internasjonale rådgivande panelet for frøkvelvet møttest på Svalbard i oktober for inspeksjon og møte. Det internasjonale panelet merka seg at den oppfattande tekniske oppgraderinga av frøkvelvet som blei ferdig i 2019 har gitt store forbetringar. Dei rosa òg arbeidet med dei nye sikringstiltaka, nye tilgangsrutinar og pågåande arbeid med tryggingsprotokollar, varslingsrutinar og årlege evakueringsøvingar.
I 2022 var interessa frå media, besøkjande og interessentar rundt om i verda tilbake på same nivå som i tida før koronapandemien. Oppfølging av felles kommunikasjonsstrategi og samlande bodskap og dessutan nye informasjonsskilt var viktige verktøy for å møte denne interessa. I 2022 blei løyvinga nytta til å dekkje leigekostnader og drift til Statsbygg og til NordGens arbeid med frøhandtering og informasjon. Det internasjonale fondet for fordelsdeling fekk óg sitt årlege bidrag, 1 133 069 kroner, over denne posten.
Nordisk genressurssenter (NordGen)
Nordisk genressurssenter (NordGen) fekk 1,85 mill. kroner i øyremerkte midlar. Løyvinga har gått til den faglege verksemda i NordGen knytt til husdyr og skogtre, og som er lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i fagleg kontakt med Norsk genressurssenter ved NIBIO og andre faginstitusjonar på Ås.
Prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet)
Departementet gav støtte til prosjektet Miljøregistreringar i Skog (MiS), som gir eit fagleg fundament for eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,55 mill. kroner til dette arbeidet. Miljøregistreringane, som no er basert på klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN), gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring la vekt på auka avverking i skogen. Samtidig blei det lagt vekt på å styrkje ivaretakinga av miljøomsyn i skogbruket gjennom mellom anna, saman med skognæringa, å greie ut kva for tiltak som eigner seg best for auka ivaretaking av nøkkelbiotopar. Skogeigarane har frivillig sett til side over 74 000 større og mindre nøkkelbiotopar frå ordinært skogbruk – i hovudsak som ikkje-hogstområde.
Ein stor del av miljøregistreringane er blitt meir enn 15 år gamle, og Landbruksdirektoratet og PEFC (Programme for the Endorsement of Forest Certification) har difor samarbeidd om opplegg og metodikk for revisjon av miljøregistreringane. Arbeidet med revisjonen er komme godt i gang, og gir ny kunnskap som grunnlag for betre forvaltning av livsmiljø og nøkkelbiotopar. Landbruksdirektoratet har òg starta ei evaluering av miljøregistreringane for å undersøkje kvaliteten på det som er produsert til nå og sjå på om instruksane blir følgde. Eventuell ny kunnskap kan gi grunnlag for justeringar i kartleggingsrettleiaren.
Hestesenter
Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest fekk til saman tildelt 4,9 mill. kroner. Sentera har ansvar for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Stiftelsen Det norske arboret
Over posten blei det òg løyvd 445 000 kroner til Stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar som eignar seg for norske forhold, og til formidlingsverksemd.
Kommunale jordvernstrategiar
Ordninga med tilskott til kommunale jordvernstrategiar blei etablert i 2022 som eit tiltak under revidert nasjonal jordvernstrategi. Det blei løyvd 1,0 mill. kroner til ordninga. Det kom inn 47 søknader, der 15 kommunar fordelte på 9 søknader fekk tilskott frå ordninga. Heile løyvinga blei brukt.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 9,1 mill. kroner. Fordeling av løyvinga på tiltak går fram av tabell 4.6. Tilskott til genressurstiltak, drift av Svalbard globale frøhvelv og prosjektet Miljøregistreringer i skog er frå og med 2023 budsjettert på annan post under kap. 1139.
Tabell 4.6 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak (i 1 000 kroner)
Tiltak | Budsjett 20231 | Budsjett 2024 |
---|---|---|
Genressursforvaltning, inkl. Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 840 | 1 800 |
Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest og Norsk Fjordhestsenter | 5 054 | 4 950 |
Stiftinga Det norske arboret | 419 | 410 |
Kommunale jordvernstrategiar | 1 497 | 1 850 |
Kulturlandskapspris o.a. | - | 130 |
Sum genressursforvaltning og miljøtiltak | 8 810 | 9 140 |
1 Inkludert ekstraordinær prisjustering for 2023
Arbeidet som blir finansiert over denne posten, bidreg til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling og følgjer opp Nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk: Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk.
Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling, som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter.
Departementet vil føre vidare tilskott til Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest og lyngshest, mellom anna til oppgåver dei utfører i samarbeid med raselaga for å fremje og vareta dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Departementet vil føre vidare eit driftstilskott til Det norske arboret. Arboretet fyller viktige funksjonar knytte til forsking og undervisning innanfor landbruksrelatert plantekunnskap.
Ordninga med tilskott til kommunale jordvernstrategiar blei etablert i 2022 og er forankra i den nasjonale jordvernstrategien, jf. Prop. 200 S (2020–2021) Endringer i statsbudsjettet 2021 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2021 m.m.). Det er hausta positive erfaringar med ordninga, og departementet legg til opp til å føre ordninga vidare med ei styrkt ramme.
Kap. 1140 Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 15 654 | 13 129 | 13 129 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 31 496 | 32 683 | 32 683 |
71 | Tilskott til viltformål, kan overførast | 39 207 | 36 778 | 39 778 |
Sum kap. 1140 | 86 357 | 82 590 | 85 590 |
Om løyvingane under kap. 1140
Kapittelet omfattar utgifter til tiltak innanfor viltforvaltninga. Midlane under kap. 1140 er primært retta mot målet om auka verdiskaping under Landbruks- og matdepartementet, og resultatområda naturmangfald og friluftsliv under Klima- og miljødepartementet.
Kvart år betaler jegerane inn jeger- og fellingsavgifter til Viltfondet. Desse midlane blir inntektsførte på kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet, post 72 Jeger- og fellingsavgifter, og blir nytta til tiltak som fremjar viltforvaltninga, jf. viltlova § 43.
Inntektsløyvingane over kap. 5576 finansierer utgifter over kap. 1140, post 01, 21 og 71, under Landbruks- og matdepartementet, utgifter til forvaltning over kap. 1420, post 01, under Klima- og miljødepartementet og utgifter til nasjonal jaktstatistikk i SSB over kap. 1620, post 01, under Finansdepartementet. For nærare omtale av avgiftene og forholda mellom kap. 1140, 1420, 1620, 5576 og inntektene til Viltfondet, sjå kap. 5576.
Løn og godtgjersler til fast tilsette innanfor det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1140, men over kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet, kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Statsforvaltarane.
Bruken av midlane i Viltfondet blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet med konkrete tiltak i mange tilfelle krev innsats frå dei frivillige organisasjonane, og at dei sentrale ledda i desse organisasjonane skal kunne ha synspunkt på disponeringa.
Løyvingane skal nyttast til oppgåver under Landbruks- og matdepartementet når tiltaka er retta mot dei haustbare viltartane, men òg til oppgåver under Klima- og miljødepartementet når tiltaka er retta mot artar som ikkje er rekna som haustbare. Landbruks- og matdepartementet stiller årleg midlar til ikkje-haustbare artar til disposisjon for Klima- og miljødepartementet. Budsjettmidlane blir fordelte mellom haustbare og ikkje-haustbare artar basert på erfaringstal.
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til løn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga, som det nasjonale Jegerregisteret i Brønnøysund, og utvikling og drift av betalingstenesta for jegeravgifta. Midlane under posten er i hovudsak retta mot dei haustbare viltressursane.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 15,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Villreinnemndene arbeider for ei langsiktig og berekraftig forvaltning av villrein og leveområda deira. Arbeidet i villreinnemndene er ført vidare. For enkelte av nemndene krev skrantesjuka auka innsats. Arbeidet i Jegerregisteret held fram og blir utvikla vidare gjennom fleire digitaliserte tenester.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,1 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av Miljødirektoratet. Midlane under posten er retta mot større nasjonale tiltak, mellom anna kjøp av tenester. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene dekkjast over post 21. Det gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, digitaliseringsprosjekt, forsking og utgreiingar.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 31,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Utgifter til drift og utvikling av Hjorteviltregisteret blir dekte over denne posten. Hjorteviltregisteret er bygd opp for å sikre opplysningar om jegerobservasjonar og felte dyr under jakt. Kommunen er pålagd å nytte dette i si forvaltning og rapportering av data til statistiske formål, mellom anna til SSB. Registeret er òg sentralt i formidling av data om skrantesjukeanalysar. Data frå bestandsovervakingsprogrammet for hjortevilt blir lagra i registeret. Her blir òg informasjon om alle tilfelle som gjeld fallvilt lagra, mellom anna viltpåkøyrslar på veg og bane. Utgifter til ulike forskingsprosjekt på haustbare artar i regi av forskingsinstitusjonar er førte på post 21, i tillegg til drift av program for bestandsovervaking av hjortevilt og helseovervaking av vilt. Arbeidet med å digitalisere jegerdokumentasjonen held fram i dialog med brukarinteressene.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 32,7 mill. kroner. Løyvinga i 2024 skal prioriterast til nasjonale overvakingsprogram innanfor vilthelse og -bestandar, drift og utvikling av Hjorteviltregisteret, og naudsynt forsking og utvikling. Hjorteviltregisteret er sentralt for ivaretaking og bruk av data om hjortevilt, både for kommunar og andre. Løyvinga må òg sjåast i samanheng med midlane som blir tildelte som tilskott under post 71.
Post 71 Tilskott til viltformål, kan overførast
Formål med løyvinga
Midlane under posten er retta mot å byggje opp kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av viltressursane og auka næringsutvikling. Målet for tilskottsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av vilt, og til å ta vare på produktiviteten og mangfaldet i naturen regionalt og nasjonalt. Tiltaka som blir sette i verk skal gi betre kunnskap om artar og bestandar og korleis dei kan haustast på den beste måten.
Det kan bli gitt tilskott innanfor område som jakt og jaktmoglegheiter, viltkartlegging, innarbeiding av leveområde for vilt og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, samarbeid om viltforvaltninga lokalt og oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid, blir prioriterte.
Innanfor desse rammene skal posten dekkje tiltak i samband med forvaltning av hjortevilt, under dette tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskott til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar og andre.
Vidare skal posten dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal førast tilbake til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda.
Midlar under posten kan òg gå til tilskott til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er naudsynte for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskottsmidlane som fylkeskommunane nyttar til haustbart vilt førte under denne posten. Den enkelte fylkeskommune kan etter søknad gi midlar til praktiske tiltak knytte til desse artane. Det vil òg kunne tildelast tilskott til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innanfor viltforvaltninga.
I tillegg skal posten dekkje utgifter til overvaking for å sikre kontinuerleg oversikt over bestandsstatus og utvikling av artar og grupper av viltartar. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk sentrale, regionale og lokale tiltak for forvaltning og justering av verkemiddel og avdekkje kunnskapsbehov.
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskott leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Den faktiske verknaden av tilskotta kan ikkje vurderast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 39,2 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. For 2022 blei det levert 589 søknader i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Av desse var 136 stila til Miljødirektoratet, mens resten blei handsama regionalt. Nokre søknader er sende fleire mottakarar. Det blei gitt tilskott til dei fleste aktørar og grupperingar som arbeider med viltforvaltning. Ordninga med elektronisk innlevering av søknader fungerer godt, og det er gitt tilskott til støtte til ulike tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag. Løyvingane over posten har òg gjort det mogleg at søkjarar kan medverke i prosjekt der andre har ansvar for hovudfinansieringa, til dømes prosjekt under Noregs forskingsråd. Ordninga er vidare nytta til støtte til studentar som har gjennomført prosjekt med fagleg relevans for viltforvaltninga.
Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskottsmidlane skal bli tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellukka former for tiltak. Rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat er tilgjengelege under søknadsarkiv i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Løyvingane til tilskott og handsaminga av den enkelte søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar, vil det vere ei stor breidd i type tiltak og kva ein kan oppnå på eitt enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift som nyttar høvet til å søkje om tilskott, og som nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Dei som nyttar tilskottsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonale måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne halde oppe haustinga og ha eit tilstrekkeleg kunnskapsunderlag for forvaltninga.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 39,8 mill. kroner.
Kap. 1141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
23 | Jegerprøve m.m., kan overførast | 4 526 | 4 071 | 4 071 |
75 | Organisasjonar – haustbare viltressursar | 8 013 | 8 876 | 8 404 |
Sum kap. 1141 | 12 539 | 12 947 | 12 475 |
Post 23 Jegerprøve m.m., kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje drift av ordninga med den obligatoriske jegerprøva.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 4,5 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Gebyrinntektene frå kap. 4141, post 01, dekkjer utgiftene under posten, som til dømes vedlikehald av undervisningsmateriell, utdanning av jegerprøveinstruktørar, drift av e-læring, eksamensordningar og elektronisk betalingsløysing for eksamensgebyret og vidareutvikling av jegerprøva.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,1 mill. kroner. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4141, post 01, jf. framlegg til vedtak II.
Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv, og andre tiltak som kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping basert på haustbare viltressursar.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 8,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det blei nytta 2,0 mill. kroner til tilskott til tiltak som kan gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane. Det kom til saman 34 søknader om tilskott i 2022. Samla blei det søkt om 6,3 mill. kroner. 15 søknader blei heilt eller delvis innvilga, og heile tilskottsramma blei brukt.
Norges Jeger- og Fiskerforbund fekk tildelt 4,9 mill. kroner til sine aktivitetar knytte til jakt og fangst på haustbare viltressursar.
Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk tildelt 1,1 mill. kroner for å halde fram som kompetansesenter for hjort – både viltlevande og i oppdrett.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,4 mill. kroner. Fordeling av løyvinga på tiltak går fram av tabell 4.7.
Tabell 4.7 Fordeling av midlar på kap. 1141, post 75, for 2024 (i 1 000 kroner)
Tiltak | Budsjett 20231 | Budsjett 2024 |
---|---|---|
Tiltak for barn og unge – bruk av utmarksressursar | 2 015 | 1 200 |
Norges Jeger- og Fiskerforbund | 5 008 | 5 050 |
Stiftinga Norsk Hjortesenter | 2 043 | 2 154 |
Sum kap. 1141, post 75 | 9 066 | 8 404 |
1 Inkludert ekstraordinær prisjustering for 2023.
Departementet vil gi tilskott til tiltak for å gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane.
Departementet vil føre vidare eit tilskott til Norges Jeger- og Fiskerforbund sine aktivitetar. Forbundet sine aktivitetar på området er viktige for rekruttering til jakt og fangst. Forbundet bidreg òg til informasjon, kunnskapsutvikling og kompetansebygging om vilt og viltforvaltning.
Departementet vil føre vidare eit tilskott til Stiftinga Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter bidreg til kunnskapsutvikling om hjort og foredling av viltkjøtt, som er til støtte for forvaltning og tiltak knytt til haustbare viltressursar. Norsk Hjortesenter skal arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett og viltkjøtt kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt og i landbruket spesielt.
Kap. 4141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Jegerprøve, gebyr m.m. | 4 662 | 4 071 | 4 071 |
Sum kap. 4141 | 4 662 | 4 071 | 4 071 |
Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.
Formål med løyvinga
Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva, jf. forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.
Rapportering 2022
Inntektene i 2022 blei 4,7 mill. kroner.
I 2022 var det til saman 13 803 eksamensgjennomføringar, noko som var ein auke på 2 339 frå året før. Det kan sjå ut som kursaktiviteten er aukande etter år med mange avlyste kurs som følgje av koronapandemien, sjå kap. 1141, post 23.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,1 mill. kroner. Kvar kursdeltakar som gjennomfører jegerprøveeksamen må betale eit eksamensgebyr på 360 kroner per eksamensforsøk. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva. Kap. 1141, post 23, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. framlegg til vedtak II.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 251 395 | 245 034 | 272 544 |
21 | Spesielle driftsutgifter – Beredskapslagring av korn | 20 000 | 63 409 | |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 3 443 | 12 051 | 12 976 |
50 | Arealressurskart | 7 592 | 7 583 | 8 039 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 178 438 | 184 229 | 196 392 |
70 | Tilskott til fjellstuer | 816 | 815 | 862 |
71 | Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast | 18 604 | 4 992 | 5 286 |
72 | Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving | 530 | 520 | 600 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving | 29 269 | 55 610 | 55 610 |
74 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt | 1 000 | 1 000 | |
75 | Stønad til jordbruks- og veksthusnæringa for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving | 779 695 | 1 124 000 | 102 300 |
77 | Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 221 695 | 470 000 | 250 000 |
78 | Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 25 292 | 34 000 | |
Sum kap. 1142 | 1 516 769 | 2 125 834 | 1 003 018 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet. Direktoratet er lokalisert i Oslo, Steinkjer og Alta.
Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Direktoratet er òg sekretariat for mellom andre Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Klagenemnda for naturskadesaker, Reindriftsstyret, Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt og styret for Reindriftens utviklingsfond.
Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov, forskrift og/eller regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom rettleiing og kontroll bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket. Direktoratet har vidare oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap som omfattar handtering av hendingar og kriser på områda matforsyning, reindrift, skog, naturskade og avlingsskade.
Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til departementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Direktoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av kompetanse om landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning.
Landbruksdirektoratet skal samarbeide med statsforvaltaren for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå.
Landbruksdirektoratet har desse forvaltningsområda:
areal, skogbruk, ressursforvaltning, klima, miljø og økologisk landbruk
reindrift
inntekts- og velferdspolitiske tiltak
marknadstiltak, handel og industri
digitalisering og organisasjon
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 251,4 mill. kroner for å dekkje driftsutgiftene til direktoratet.
2022 blei prega av Russlands angrep på Ukraina frå februar, som òg bidrog til aukande råvareprisar. I mars 2022 nådde FAOs matvareprisindeks sitt høgaste nivå sidan indeksen blei etablert i 1990. I eit ekstraordinært år med fleire tilleggsoppgåver klarte Landbruksdirektoratet likevel å utføre samfunnsoppdraget.
På grunn av høge kraftprisar blei det etablert ei ordning med straumstønad til jordbruksføretak og veksthus. Direktoratet utvikla ei eiga tilskottsordning som baserer seg på forbruksdata frå reguleringsstyresmakta for energi (RME). Vel 11 500 jordbruksføretak, 230 veksthus og 70 vatningslag har søkt om stønad gjennom ordninga i 2022. Tilbakemeldingar viser at ordninga har vore svært viktig, og at den har fungert godt. Det har blitt utbetalt om lag 717 mill. kroner gjennom ordninga i 2022.
Jordbruksoppgjeret i 2022 blei inngått i eit år med ekstraordinær kostnadsvekst på fleire viktige innsatsfaktorar i jordbruket. Som ei følgje av oppgjeret gjennomførte direktoratet ei ekstrautbetaling på 1,45 mrd. kroner i september 2022.
Landbruksdirektoratet har i 2022 halde fram med å forbetre arbeidet knytt til å vareta kontroll med tilskottsforvaltninga som er lagt til lokal og regional forvaltning. Direktoratet har i 2022 hatt omfattande kontakt med statsforvaltaren for å formidle fag- og forvaltningskompetanse.
For fleire kjøttslag har det vore god etterspørsel og delvis underdekning i den norske marknaden. Det blei opna for import til nedsett tollsats for fleire kjøttslag. I andre halvår blei det ein strammare marknadssituasjon på storfe og behov for å leggje inn varer på reguleringslager. Dette har bidrege til at importvernet har fungert godt i ei uroleg tid, og at marknadsforstyrringane i den norske marknaden har blitt dempa.
Samfunnstryggleik og beredskap har fått auka merksemd og har kravd auka innsats i 2022, mellom anna som følgje av klimaendringar, pandemi og krigen i Ukraina. Det har vore ein god dialog med næringsaktørane for å få ein status over matforsyninga. Dei tiltaka som er sette i verk har fungert godt, og dei har bidrege til å sikre norsk beredskap og forsyningstryggleik for mat.
Direktoratet la i 2022 vekt på å vidareutvikle verksemda og tenestene direktoratet forvaltar. I 2022 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret og til forhandlingane om reindriftsavtalen. Vidare fekk direktoratet i oppdrag av Landbruks- og matdepartementet å greie ut dei konkurransefremjande tiltaka i prisutjamningsordninga for mjølk. Landbruksdirektoratet har i tråd med mandatet samarbeidd med Konkurransetilsynet om konkurransefaglege vurderingar. Landbruksdirektoratet sende over utgreiinga til departementet 15. desember 2022. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i ulike utval og arbeidsgrupper.
I 2022 har Landbruksdirektoratet arbeidd med å ta vare på den landbruksfaglege sida (husdyr og rein) av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken. Direktoratet har delteke i ulike kontaktforum på nasjonalt nivå og har gjeve fråsegn til fleire forvaltningsplanar for rovviltregionane.
Landbruksdirektoratet har ansvaret for forvaltning av erstatnings- og kompensasjonsordningar etter avvikling av hald av pelsdyr. Nye reglar for erstatning til pelsdyroppdrettarar blei gjort gjeldande i mars 2022. I løpet av 2023 skal det utarbeidast så mange endelege tilbod som mogleg, men dette arbeidet vil også gå føre seg i 2024. I 2024 vil det òg bli arbeidd med andre ordningar som kompensasjon for riving- og opprydding, kompetanseutviklingsmidlar, kompensasjon for pensjonstap og erstatning til fôrkjøkken og pelserier.
Landbruksdirektoratet har etablert ein dialog om dette med statsforvaltarane.
Kontrakt om taksering av eigedommar der det tidlegare blei drive pelsdyrverksemd blei inngått med Norsk Landbrukstakst i 2022, og dei første takstane blei leverte i september 2022. Direktoratet hadde behov for meir informasjon om korleis takseringa i praksis blei gjennomført, og etter samtalar med Norsk Landbrukstakst gav direktoratet nokre presiseringar til takseringsoppdraget. Dette førte til ein mellombels stans i arbeidet som òg gav forseinka sakshandsaming. For å redusere ulempene forseinkinga medførte for søkjarane, fekk Landbruksdirektoratet eit nytt oppdrag i november 2022 om å berekne og utbetale eit forskott til alle søkjarane. Denne nye sakshandsaminga medførte behov for nye malar og utbetalingsrutinar og sjølve sakshandsaminga kom i gang seint på året i 2022.
Arbeidet med å sikre at reintalet er tilpassa beitegrunnlaget blei ført vidare i 2022. Reintalet i Finnmark krev enno tett og aktiv oppfølging. Reindriftsstyret har fastsett nytt øvre reintal i fire reinbeitedistrikt i Finnmark reinbeiteområde. Det blei fatta vedtak om reduksjon av reintal i tre av desse reinbeitedistrikta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har teke i bruk reindriftslova § 60, femte ledd, og låst reintalet for siidaandelane i tre reinbeitedistrikt.
I 2022 blei det arbeidd med å styrkje beredskapen i reindrifta. Landbruksdirektoratet har vidareutvikla den koordinerande rolla i beredskapsarbeidet og vore med i sekretariatet for arbeidsgruppa som har utarbeidd rapport om ein styrkt beredskap i reindrifta.
Landbruksdirektoratet har fleire verkemiddel som bidreg til å sikre matforsyninga og stabile prisar. Gjennom importvern og tollnedsetjing har direktoratet lagt til rette for avsetnad av norsk produksjon, samstundes som det er lagt til rette for supplerande import og oppfylling av internasjonale forpliktingar.
I 2022 leverte Landbruksdirektoratet rapport om matsvinn i jordbrukssektoren for 2021. Matsvinn skal kartleggjast årleg frå og med 2020, og er knytt til Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn, der målet er ei halvering innan 2030.
Landbruksdirektoratet har ei rådgivande og rettleiande rolle på jordvernområdet. Direktoratet deltok og gav fagleg råd til departementet på fleire motsegnsaker som gjaldt kommunal arealplanlegging, både kva gjeld omsynet til jordvern og reindrift. I 2022 etablerte direktoratet på oppdrag frå departementet ei ny ordning der kommunane kunne søkje tilskott til utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar. Vidare leverte Landbruksdirektoratet i juni 2022 ei undersøking av saker der aksjeselskap har søkt konsesjon dei siste fem åra.
Tre av totalt fem nye område blei innlemma som Utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2022, og dei to siste blir innlemma i 2023. Direktoratet leverte òg i samråd med Riksantikvaren og Miljødirektoratet ei tilråding til jordbruksoppgjeret 2022 om innlemming av Røros bergstad og Cirkumferensen i landbruket si verdsarvordning.
Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga på eit breitt område i areal- og miljøsaker. Saman med Miljødirektoratet og andre direktorat gav Landbruksdirektoratet i 2022 tilrådingar til dei nye regionale vassforvaltningsplanane som legg rammene for auka innsats frå mellom anna jordbrukssektoren for god miljøtilstand i vatn og vassdrag. Landbruksdirektoratet har i 2022 ført vidare dialogen med statsforvaltarane på vassmiljøområdet når det gjeld oppfølging av arbeidet med fastsetjing av regionale vassmiljøkrav, oppfølging av heilskapleg plan for Oslofjorden og av nye regionale vassforvaltningsplanar.
Saman med Miljødirektoratet handsama direktoratet i 2022 høyringsinnspel til ny forskrift for framleis regulert bruk av utanlandske treslag. Direktoratet og NVE leverte rapporten Forvaltningsmodellar for sikringsskog mot naturfarer i mai 2022. Rapporten har ei todelt målsetjing om å vareta både omsynet til samfunnstryggleiken og god forvaltning av skogressursen.
I 2022 har direktoratet fastsett Nasjonalt miljøprogram for perioden 2023–2026 med Jord og jordhelse som nytt miljøtema. Direktoratet fastsette òg i samarbeid med statsforvaltarane instruks for regionale miljøprogram for ny programperiode 2023–2026. Statsforvaltarane legg instruksen til grunn når dei fastset sine regionale forskrifter for regionale miljøtilskott for perioden.
Direktoratet har gjennomført fleire utgreiingsoppdrag og delteke aktivt i arbeidet for å styrkje kunnskapsgrunnlaget som basis for vidareutvikling av miljø- og klimatiltak i jordbrukssektoren. Viktige tema som direktoratet har arbeidd med er karbonopptak i jord, betre utnytting av gjødselressursane og utslepp frå husdyrproduksjon. Direktoratet har i 2022 vidareført arbeidet i sekretariatet for Regnskapsgruppa for oppfølging av klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruksnæringa.
I utviklinga av digitale tenester i direktoratet er det behovet til brukaren som står i sentrum, og det blir tenkt nytt på korleis ordningane og regelverket blir innretta for å sikre at tenestene blir enklast mogleg for brukarane av systema. Digitaliseringsaktivitet og ressursbruk i 2022 blei vesentleg påverka av to store ekstraoppdrag; utbetaling av straumstønad til jordbruks- og veksthusnæringa og ekstrautbetaling av produksjonstilskott. I tillegg har direktoratet i 2022 avslutta tre digitaliseringsprosjekt; nytt register for reinmerke, det nye intranettet til direktoratet, Innsikt, og tredje fase i digitaliseringa av skogforvaltninga med ei mobil kartløysing kalla SKART. Eitt av delmåla i strategisk plan er å bli ei datadriven forvaltning som brukar data aktivt for å forbetre og effektivisere direktoratet og forvaltninga. I 2022 blei det etablert ei skybasert plattform for datadeling som første skritt mot å bli ei datadriven forvaltning.
Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT som er miljøet til sektoren for handtering av kritiske IKT-hendingar, og som inngår i det nasjonale responsmiljøet.
Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2022 finst i årsrapporten på www.landbruksdirektoratet.no. Det er utarbeidd separate årsrapportar for Landbrukets utviklingsfond (LUF) og Reindriftens utviklingsfond (RUF) for 2022.
Budsjettframlegg 2024
Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 272,5 mill. kroner. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1142, post 01 og kap. 4142, post 01, jf. vedtak II.
Løyvinga til Landbruksdirektoratet er styrkt med 10 mill. kroner. Midlane skal styrkje direktoratet sitt arbeid med arealforvaltning, beredskap, klimaendringar og klimatilpassing. Styrkjinga skal òg nyttast til Landbruksdirektoratets arbeid med å byggje opp eit fagmiljø for reindrift og arealforvaltning, og styrkje det samordna arbeidet med å vareta areala til reindrifta.
Regjeringa har vidare vedteke å flytte direktoratsansvaret for haustbare viltressursar frå Miljødirektoratet i Trondheim til Landbruksdirektoratet i Steinkjer. Løyvinga på posten er styrkt med 4 mill. kroner til denne omstillinga.
Nedanfor følgjer ei nærare omtale av viktige oppgåver på dei enkelte forvaltningsområda i 2024.
Areal, skogbruk, ressursforvaltning, klima, miljø og økologisk landbruk
Landbruksdirektoratet vil i 2024 føre vidare arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og ein effektiv infrastruktur i skogen. På området klima- og miljøomsyn i skogbruket vil Landbruksdirektoratet prioritere analysar og utgreiing av tiltak som skal fremje ei god utnytting av skogressursen, ivaretaking av biologisk mangfald og som styrkjer bidraget til skogen i klimaarbeidet.
Landbruksdirektoratet vil leggje til rette for ein berekraftig jordbruksproduksjon gjennom målretta tiltak som skal gi minst mogleg utslepp til luft og vatn og som tek vare på naturmangfald og kulturminneverdiar. Viktige innsatsområde er betre utnytting av husdyrgjødsel, utnytting av husdyrgjødsel til biogassproduksjon, dyrkingspraksis for å auke karbonopptak i jorda og tiltak i husdyrproduksjonane.
Landbruksdirektoratet vil støtte statsforvaltaren i regional og lokal oppfølging av vassforskrifta, vassforvaltningsplanane og regionale miljøkrav på vassmiljøområdet.
Vidare vil Landbruksdirektoratet arbeide med implementering av Jordhelseprogrammet og styrkje arbeidet med statistikk og analyse av miljøverkemidla.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare samarbeidet med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet. Direktoratet vil bidra til at interessene til landbruket blir tekne omsyn til i saker knytte til naturmangfaldlova.
Det er behov for merksemd på jordvern på alle nivå for å ta vare på god matjord. Landbruksdirektoratet vil arbeide for at målsetjingar i den oppdaterte jordvernstrategien blir nådde og vidareutvikle samarbeidet med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i denne samanhengen. Forvaltninga av ordninga med tilskott til utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar vil bidra til meir merksemd på jordvern også i 2024. Arbeid med kulturlandskap og landbruket si verdsarvordning vil òg vere ei viktig oppgåve for Landbruksdirektoratet i 2024. Direktoratet vil leggje til rette for at dei nye utvalde kulturlandskapa får på plass gode forvaltningsplanar. Direktoratet vil fortsetje arbeidet knytt til eigedomslovgivinga.
Direktoratet vil òg følgje opp den nasjonale strategien for økologisk jordbruk og tiltaka i Økologiprogrammet.
Landbruksdirektoratet vil ta i vare dei landbruksfaglege interessene i rovviltpolitikken, og leggje til rette informasjon om ressursgrunnlaget og utviklinga i beitenæringane (husdyr og rein).
Landbruksdirektoratet vil ha stor merksemd på å forvalte det nye regelverket som blei fastsett 25. mars 2022 for erstatning etter avvikling av hald av pelsdyr. Målsetjinga er å tilby endeleg erstatning til næringa i løpet av 2024.
Berekraft og berekraftige matsystem er høgt oppe på den politiske dagsordenen både nasjonalt og internasjonalt. Det er eit stort behov for å synleggjere kva landbruket alt gjer innanfor denne tematikken. Direktoratet vil i 2024 vidareføre arbeidet med å synleggjere og vidareutvikle det fagspesifikke og tverrfaglege arbeidet med berekraftige matsystem.
Reindrift
Landbruksdirektoratet skal i 2024 halde fram med å styrkje arbeidet med reindrift og arealforvaltning. Landbruksdirektoratet skal byggje opp eit fagmiljø for reindrift og arealforvaltning, og bruke dette fagmiljøet aktivt i arbeidet med å vareta areala til reindrifta. Direktoratet skal leggje til rette for samordning mellom dei ulike statsforvaltarane og dialogen statsforvaltaren har med kommunane og fylkeskommunane om arealbruken til reindrifta.
Landbruksdirektoratet skal arbeide for å vareta grunnlaget for ei berekraftig reindrift ved å sikre at reintalet ikkje er høgare enn fastsett øvre reintall. Saman med statsforvaltaren vil direktoratet følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet meir enn det som er fastsett, ved å nytte føresegnene i reindriftslova. Landbruksdirektoratet vil vurdere behovet for offentleg kontrollerte teljingar på grunnlag av risikovurderingar frå statsforvaltaren.
Vidareutvikling av sjølvstyret i reindrifta står sentralt i arbeidet for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet vil i nær dialog med departementet arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje sjølvstyret og internkontrollen i reindrifta.
Direktoratet skal bidra i arbeidet med ein heilskapleg revisjon av reindriftslova som departementet skal gjennomføre fram mot 2025.
For å ha oversikt over utviklinga i reindrifta vil Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata frå totalregnskapet, ressursregnskapet og melding om reindrift.
Arealbrukskartet er eit viktig verktøy for å synleggjere arealbruken til reindrifta. Landbruksdirektoratet og NIBIO samarbeider om å vidareutvikle og forbetre den tekniske løysinga for ajourføring av kartet i 2024.
I 2022 lanserte direktoratet eit nytt register for reinmerke. Landbruksdirektoratet arbeider med å digitalisere reindriftsforvaltninga, og vil ferdigstille arbeidet med nye fagsystem i løpet av 2024.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 500 000 kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Landbruksdirektoratets arbeid med målretting, forenkling og kontroll av dei økonomiske verkemidla er viktige òg i 2024. Direktoratet vil i 2024 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av produksjonstilskotta i jordbruket, tilskott til avløysing, husdyrkonsesjonsregelverket, pristilskotta, og verkemidla til næringsutvikling og kompetanseutvikling. Med utgangspunkt i dei ordningane og satsingane direktoratet forvaltar på området, vil Landbruksdirektoratet bidra i arbeidet med å styrkje landbruksbasert næringsutvikling.
Landbruksdirektoratet vil òg i 2024 forvalte den mellombelse straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa.
Direktoratet er sekretariat for to forskingsstyrer; styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og styret for FoU-midlar over jordbruksavtalen. Sekretariatet vil i 2024 føre vidare arbeidet med å leggje til rette for eit effektivt og velfungerande styrearbeid gjennom god saksførebuing og oppfølging av vedtak for å sikre forsking av høg kvalitet til størst mogleg nytte for næringa.
Marknadstiltak, handel og industri
Landbruksdirektoratet vil i 2024 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer, der like konkurransevilkår for aktørane står sentralt.
Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit viktig mål.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale, mellom anna dei som er til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA), og rapportering i samsvar med internasjonale forpliktingar.
Direktoratet vil halde fram med å følgje med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien), men òg resten av verdikjeda for mat.
Landbruksdirektoratet vil følgje med på dei nasjonale og internasjonale marknadene for landbruksvarer, sørgje for å ha relevant og oppdatert informasjon om forsyningssituasjonen, og analysere og rapportere om utviklinga.
Digitalisering og organisasjon
Landbruksdirektoratet vil utvikle vidare styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene. Direktoratet satsar målretta på å styrkje kompetansen i verksemda med eit eige kompetanseprogram.
Digitaliseringsplanen i Landbruksdirektoratet skal bidra til prioriteringar av tiltak som gir nytte for brukarane, samarbeidspartnarane og direktoratet. I 2024 vil arbeidet med å digitalisere tenestene halde fram. Direktoratet har mellom anna arbeidd med digitalisering av reindriftsforvaltninga, forbetring av fagsystem for produksjonstilskott og utvikling av ny løysing for eggleveransar.
Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område òg i 2024.
Post 21 Spesielle driftsutgifter – Beredskapslagring av korn
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere etablering av beredskapslagring av matkorn for å gi auka sikkerheit i forsyninga av matkorn til den norske marknaden. Dette arbeidet er viktig for å stå betre rusta om det skulle oppstå forstyrringar i verdikjedene, til dømes som følgje av store miljøøydeleggingar eller sikkerhetspolitiske kriser.
Regjeringa held fram arbeidet med å etablere beredskapslagring for korn, jf. Hurdalsplattforma. Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet arbeidd ut forslag til innretning av ordninga.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 63,4 mill. kroner til etablering av ei ordning med beredskapslagring av matkorn. Ein tek i 2024 sikte på å starte arbeidet med leige av lagertenester og innkjøp av matkorn med eit mål om at det innan 2029 skal vere på plass eit beredskapslager tilsvarande tre månaders forbruk av matkorn. Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga. Ordninga inneber at staten inngår fleirårige kontraktar med private aktørar. Det blir difor gjort framlegg om ei bestillingsfullmakt på 10,0 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak V.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje større utstyrskjøp og vedlikehald knytt til reindriftsforvaltninga. Løyvinga skal mellom anna dekkje utgiftene til oppfølging av Noregs ansvar ved gjennomføringa av internasjonale avtalar, og til vedlikehald av grensegjerda mot Sverige. Posten skal vidare dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Røros-regionen og til vedlikehald av gjerde i Hemsedal og Lærdal.
I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter i samsvar med gjeldande reingjerdekonvensjon og avtalar.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 3,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. I nysalderinga av budsjettet for 2022 blei posten redusert med 11,0 mill. kroner for å dekkje dei auka kostnadene ved reinteljing i Aust-Finnmark, jf. post 71.
Landbruksdirektoratet har ansvaret for oppfølging av konvensjon mellom Norge og Finland om oppfølging og vedlikehald av reingjerde og andre tiltak for å hindre at rein kjem inn på det andre rikets område.
Arbeidet med å byggje gjerde mot Finland i samsvar med konvensjonen har vore delt i fire strekningar. I 2022 blei siste del av den fjerde strekninga ferdig. Det står att nokre korte strekningar. Noregs del av utgiftene til felles kartløysing for Noreg og Finland blir òg finansiert over posten. Norsk-finsk reingjerdekommisjon har gjennomført fem møte i 2022.
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark handsama i 2022 erstatningskrav frå finske styresmakter for norsk rein på ulovleg beite i Finland. Det var fleire slike tilfelle i 2022 enn tidlegare år. Erstatningskrava frå 2022 blei utbetalte i 2023.
Det er over posten dekt kostnader til arbeidet med nytt register for reinmerke og gjennomført kritisk vedlikehald av konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland, og dessutan av gjerda i Røros-området og i Hemsedal og Lærdal.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,0 mill. kroner.
Løyvinga i 2024 skal nyttast til vedlikehald av gjerde mot Russland, Finland og Sverige. Det er eit stort behov for vedlikehald særleg av gjerde mot Russland og Finland, og dette skal prioriterast i 2024. Vidare skal arbeidet med å digitalisere reindriftsforvaltninga prioriterast.
Posten skal òg dekkje andre kostnader ved vedlikehald av gjerde, under dette gjerde i Røros-regionen og i Hemsedal og Lærdal, i tillegg til eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter for norsk rein på ulovleg beite.
Post 50 Arealressurskart
Formål med løyvinga
Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av eit arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 7,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos NIBIO. Karta blir viste mellom anna i løysinga Gårdskart på nett og er viktige i samband med kontroll av tilskottsordningar.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,0 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Tilskott til veterinærdekning har sidan 2008 blitt gitt som eit øyremerkt tilskott. Størsteparten av løyvinga har gått til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.
Posten blir òg nytta til stimuleringstiltak for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. I tillegg blir eit mindre beløp nytta til veterinærtenester på Svalbard.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 178,4 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Midlane til klinisk veterinærvakt er fordelte til kommunane. Eit mindre beløp har vore nytta til veterinærtenester på Svalbard. Tilskott til stimuleringstiltak har i hovudsak gått til driftsstøtte til veterinærar og til etableringsstøtte og etablering og drift av kommunale stillingar for veterinærar.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 196,4 mill. kroner.
Størsteparten av framlegget til løyvinga på posten er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. I framlegget er det òg sett av midlar til kostnader med å administrere vakt for kommunane. Tilskotta blir fordelte til kommunane ut frå ei fastsett vaktinndeling. Landbruksdirektoratet deler midlane ut til kommunane.
Framlegget til løyving omfattar òg stimuleringstiltak som kommunane kan bruke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang på veterinærtenester, og som legg planar for gode lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane vil oppfylle kriteria for å kunne søkje om midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande brukast på Svalbard.
Tilstrekkeleg tilgang på veterinærtenester er viktig av omsyn til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik, og for å kunne ha eit aktivt landbruk i heile landet.
Departementet foreslår at det blir sett av inntil 5 mill. kroner av stimuleringsmidlane i 2024 for å følgje opp tiltak som kan gi betre tilgang til veterinærtenester i distrikta, jf. anbefalingar i Rapporten om tilgangen på veterinærtjenester.
Post 70 Tilskott til fjellstuer
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å drifte dei tre statseigde fjellstuene Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstuene er viktige for å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng, mellom anna for reingjetarar, og har plikt til å halde ope heile året. Landbruksdirektoratet inngår kontrakt med dei som driv fjellstuene.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 816 000 kroner i tråd med formålet med løyvinga.
I 2022 er det gitt tilskott til alle dei tre fjellstuene. I tillegg til det faste driftstilskottet er det òg gitt eit variabelt tilskott til innkjøp av naudsynt utstyr til fjellstuene.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 862 000 kroner.
Post 71 Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift. Reinteljing og oppfølging av godkjende bruksreglar er sentrale tiltak, i tillegg til kontrolltiltak retta mot grensekryssande reinbeite mellom Noreg og Sverige.
Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Kostnader knytte til slik kunnskapsutvikling blir dekte over posten. Utover dette er formålet med løyvinga å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp både reindriftslova og grensereinbeitelova, overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, enkelte utviklings- og utgreiingskostnader og arealbrukskart for reindrifta.
Løyvinga skal òg dekkje kostnader ved tiltak i reindriftsnæringa ved radioaktivt nedfall.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 utbetalt 18,6 mill. kroner over posten.
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark gjennomførte ei tvangsteljing av rein i Aust-Finnmark vinteren 2022. Tvangsteljinga blei langt meir kostnadskrevjande enn det som var føresett, mellom anna fordi det blei gjennomført teljing ved tvang og ikkje ei ordinær offentleg teljing.
I nysalderinga av budsjettet for 2022 blei posten auka med 13,5 mill. kroner for å dekkje dei auka kostnadene ved teljinga.
I tillegg er utgifter til kontroll av grensekryssande reinbeite mellom Noreg og Sverige dekte over posten.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,3 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal nyttast til kontroll og oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar. Løyvinga skal òg nyttast til kontroll av grensekryssande reinbeite og handheving av beitetider og bruk av beiteområde.
Posten skal òg dekkje tiltak ved radioaktivitet. Frå 2023 er ordninga for tiltak ved radioaktivitet endra slik at ho ikkje lenger er retta berre mot konsekvensar av Tsjernobyl-ulykka, men òg andre framtidige hendingar. Mattilsynet overvakar nivået for radioaktivitet, og fastset grenseverdiar for radioaktivitet i mellom anna reinkjøtt. Dersom nivået for radioaktivitet i reinkjøttet i eit område ligg over grenseverdien, kan det bli gitt tilskott som kompensasjon for ekstrakostnader knytte til dette.
Det krev ekstra innsats å følgje opp distrikt der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Oppfølginga inneber mellom anna at det skal leggjast til rette for fellestiltak for betre infrastruktur, og at det framleis skal stimulerast aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den gjeldande marknadssituasjonen.
Oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar, saman med kontrolltiltak retta mot grensekryssande reinbeite mellom Noreg og Sverige, er prioriterte oppgåver i 2024.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999, og beiteleige ut frå inngåtte reinbeiteavtalar med grunneigarane i Trollheimen.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 530 000 kroner over posten.
Det blei utbetalt erstatning til 45 grunneigarar i Trollheimen. Beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet reinbeiteforening for driftsåret 2021/2022 er òg dekt over denne posten.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 600 000 kroner for å dekkje inngåtte avtalar.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med ordninga er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova). Løyvinga skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31. Landbruksdirektoratet kan, etter søknad og i spesielt krevjande saker, over denne posten dekkje heile eller delar av statsforvaltaren sine kostnader ved kjøp av spesialistvurderingar som trengst for å handsame erstatningssakene.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 29,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Skadegjerarar i planteproduksjon
Det blei utbetalt 4,7 mill. kroner i erstatning etter offentlege pålegg i planteproduksjon i 2022. Av totalbeløpet gjekk 2,1 mill. kroner til nedkjemping av pærebrann og 1,2 mill. kroner gjekk til erstatning til sanering etter påvising av Tospovirus. Vidare blei 816 000 kroner utbetalt til behandling av raud marg i jordbær, om lag 435 000 kroner utbetalt til erstatning for tomatbrunflekkvirus og om lag 88 000 kroner utbetalt til erstatning for nedkjemping av Phytophtora ramorum.
Pålagd slakting
I 2022 blei det utbetalt om lag 23,9 mill. kroner i samband med erstatning etter pålagde tiltak i husdyrbesetningar. Av den totale utbetalte erstatninga gjekk 15,3 mill. kroner til dekning av kostnader ved sanering for Aviær influensa. 5,5 mill. kroner blei utbetalt i erstatning for Newcastle disease. Andre husdyrsjukdommar det blei utbetalt erstatning for var Salmonella, Open yngelråte og Mædi-visna.
Radioaktivitet
Forureininga etter atomulykka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruken enkelte stader på Indre Austlandet og i Midt-Noreg. For å redusere opptaket beitedyra har av radioaktivt cesium frå utmarksbeitet, blir det brukt giesesalt som fôrtilsetning eller i form av saltslikkestein tilsett giesesalt på slutten av beitesesongen. For høge verdiar av radioaktive stoff kan føre til at slaktet ikkje kan brukast til mat. Erstatning for radioaktivitet går i stor grad til å erstatte kostnader for transport til måleplass og til ekstra fôrkostnader ved pålagd nedfôring.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 55,6 mill. kroner.
Landbruksdirektoratet har lagt inn tinging på ny levering av giesesalt og saltslikkesteinar. Dette vil bli levert i 2023. Situasjonen i Ukraina fører til auka behov for innkjøp av giesesalt til beredskapslager. Det pågår ein regodkjenningsprosess av tilsetningsstoffet giesesalt i EU. Vidare bruk av dette tilsetningsstoffet føreset at stoffet blir regodkjent som tilsetningsstoff. Godkjenningsprosessen kan utløyse ytterlegare kostnader i 2024.
Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt
Formål med løyvinga
Løyvinga på posten blir brukt til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.
Rapportering 2022
Det blei ikkje nytta midlar til formålet. Mattilsynet gjorde ingen vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite i 2022 som førte til utbetalingar av kompensasjon same år.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner.
Post 75 Stønad til jordbruks- og veksthusnæringa for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Primærprodusentar i jordbruket, veksthus og vatningslag fekk frå desember 2021 ei mellombels ordning med straumstønad. Formålet med straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa, som følgje av ekstraordinære straumutgifter, er å bidra til at norsk matproduksjon og norsk produksjon i veksthus kan oppretthaldast trass i dei ekstraordinære utgiftene til straum. Ordninga var ny i 2022, og blei i 2023 forlenga slik at ho vil gjelde ut 2024.
Rapportering 2022
Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med straumstønad til jordbruk, veksthus og vatningslag. Det blei utbetalt 779,7 mill. kroner over straumstønadsordninga i 2022.
Budsjettframlegg 2024
Straumstønadsordninga for jordbruket gjeld for primærprodusentar og har ei grense for maksimalt forbruk på 60 000 kWt per foretak per månad. Straumstønadsordninga for veksthus og vatningslag har inga avgrensing på forbruk.
Straumstønadsordninga blei innført som ei mellombels ordning frå desember 2021. Regjeringa har forlenga ordninga til og med 31. desember 2024. Ordninga vidarefører dagens berekningsmetode med gjennomsnittleg månadleg straumpris. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 102,3 mill. kroner.
Post 77 Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å gi kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Stortinget vedtok i 2019 eit forbod mot hald av pelsdyr etter 1. februar 2025. Den opphavelege kompensasjonsordninga er endra som følgje av lovvedtak i juni 2021. Dei nye reglane tredde i kraft i mars 2022. Oppdrettarane har no rett på erstatning anten etter ekspropriasjonsrettslege reglar eller ut frå nedskriven gjenkjøpsverdi. I tillegg blir kostnader til riving og opprydding av pelsdyranlegg og ei ordning med kompensasjon for forventa lågare framtidig alderspensjon som følgje av forbodet mot pelsdyrhald, ført på posten.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga. Dette omfattar òg kostnader til taksering av pelsdyranlegg og eventuelle kostnader til skjønnsprosessar.
Kompensasjonen er ei regelstyrt ordning, og løyvinga vil bli tilpassa naudsynte utbetalingar. Den enkelte vil få utmålt og utbetalt kompensasjon etter eit fastsett regelverk.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta om lag 221,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Det blei utbetalt i overkant av 8,3 mill. kroner i kompensasjon etter dei opphavlege reglane, og 153 mill. kroner i erstatning etter dei nye reglane i samband med avvikling av pelsdyrhald. Vidare blei det utbetalt om lag 52 mill. kroner som kompensasjon for riving og opprydding av pelsdyrhus. I 2022 blei det innvilga kompensasjon for lågare årleg alderspensjon med 718 000 kroner.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 250,0 mill. kroner. Det er usikkert korleis utbetalingar på posten vil fordele seg mellom år. Det blir difor gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 250 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
Post 78 Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å lette omstillinga for pelsdyroppdrettarar i samband med forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019) Lov om forbud mot hold av pelsdyr. Dette omfattar i hovudsak ei ordning med tilskott til omstilling som blir forvalta av Innovasjon Norge. Løyvinga vil òg bli nytta til tilskott til arbeidsretta kompetanseheving for pelsdyroppdrettarar, forvalta av Landbruksdirektoratet.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordningane.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 25,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 34,0 mill. kroner. Det er gitt tilsegn om alle midlar som tidlegare er løyvd på posten, men utbetaling skjer i takt med gjennomføring av tiltaka. Departementet legg til grunn at det ved årsskiftet 2024/2025 framleis vil vere tilsegn basert på tidlegare, overførbare løyvingar der heile beløpet enno ikkje er utbetalt. Det blir difor gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 10,0 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
Post 80 Radioaktivitetstiltak
Formål med løyvinga
Statens ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa gjorde om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dialog mellom avtalepartane, på same måte som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Mattilsynet overvaker nivået for radioaktivitet, og fastset grenseverdiar for radioaktivitet i mellom anna reinkjøtt. Dersom nivået for radioaktivitet i reinkjøttet i eit område ligg over grenseverdien, kan det gis tilskott som kompensasjon for ekstrakostnader knytte til dette.
Posten blei avvikla i 2023, og radioaktivitetstiltak blir frå 2023 dekte over kap. 1142, post 71.
Rapportering 2022
Det blei ikkje utbetalt midlar til radioaktivitetstiltak i 2022.
Kap. 4142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsinntekter, refusjonar m.m. | 46 231 | 47 853 | 50 463 |
Sum kap. 4142 | 46 231 | 47 853 | 50 463 |
Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.
Inntektene i 2022 blei 46,2 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 50,5 mill. kroner i 2024.
Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har i samband med mellom anna sekretariatet for Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og styret for Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
71 | Naturskade – erstatningar, overslagsløyving | 40 882 | 89 400 | 140 400 |
Sum kap. 1148 | 40 882 | 89 400 | 140 400 |
Post 71 Naturskade – erstatningar, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar for naturskade. Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Søknader om erstatning for naturskadar etter naturskadeerstatningslova blir handsama etter ein rein forvaltningsmodell. Landbruksdirektoratet avgjer sakene i førsteinstans, mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker som klageinstans.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 40,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
I 2022 blei det handsama 508 saker. Det blei gitt tilsegner om erstatning for om lag 36,8 mill. kroner. Utbetalingane i 2022 var på om lag 26,5 mill. kroner og gjeld erstatningssaker for 2022 og tidlegare år. Tilsegner om erstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år.
Ansvaret som utgjer gitte, men ikkje innfridde tilsegner om erstatning, var 31. desember 2022 på om lag 47,2 mill. kroner.
Stormen 19. november 2021 ramma skogeigedommar frå Lillehammer og Øyer i nord og syd-vestover gjennom Viken mot Telemark. Skadeomfanget på skogeigedommane var truleg samla sett større enn stormen Dagmar i 2011. I samband med det store skadeomfanget på skogeigedommane kom § 18 i naturskadeerstatningsforskrifta, ansvaret til staten ved stormskadar på skog, til bruk. Dette var første gong denne paragrafen kom til bruk etter at han tredde i kraft i 2005. Grensa til staten blei for desse stormskadane overskride med 10,9 mill. kroner, og dette beløpet blei utbetalt til forsikringsselskapet til skogeigarane, Skogbrand, i slutten av 2022.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 140,4 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 162,2 mill. kroner for 2024, jf. tabell 4.8 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 4.8 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2024 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2023 | 47,2 | |
+ | Venta tilsegner i 2023 | 87,8 |
= | Sum | 135,0 |
- | Venta erstatningsutbetalingar i 2023 | 85,7 |
= | Venta ansvar 31.12.2023 | 49,3 |
+ | Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a. | 3,3 |
+ | Venta nye tilsegner i 2024 | 250 |
= | Sum | 302,6 |
Forslag til løyving i 2024 | 140,4 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2024 | 162,2 |
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover.
Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning over statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. Det knyter seg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Dette kjem av at omfanget av naturulukker varierer frå år til år, og at erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring tre år, noko som òg verkar inn på den årlege utbetalinga. Ved budsjetteringa av løyvinga blir difor normalt eit gjennomsnittleg år for naturskadar lagt til grunn, og det er i tillegg knytt ei tilsegnsfullmakt til posten.
På grunn av ekstremveret «Hans» i 2023 forventar Landbruksdirektoratet i 2024 vesentleg fleire søknader om erstatning enn i eit normalår. Venta tilsegn, og forslag til løyving og tilsegnsfullmakt, tek på usikkert grunnlag ei viss høgde for dette. Det kan bli aktuelt å justere både løyving og tilsegnsfullmakt i revidert budsjett for 2024, når dei samla konsekvensane av ekstremvêret «Hans» er klargjorde.
Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn målretta og utvida innsats når det skjer store naturulukker.
Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.
Løyvinga skal dekkje innfriing av tilsegner som blir gitt i 2024 og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulukker, eller aukar verknaden av ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje utgifter som trengst til ekstrahjelp, kompetansetiltak og vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systemet for ordninga. I tillegg skal utgifter til Klagenemnda for naturskadesaker dekkjast av posten.
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 4 943 | 4 943 | 3 571 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 68 065 | 51 174 | 54 223 |
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 44 073 | 55 852 | 55 852 |
Sum kap. 1149 | 117 081 | 111 969 | 113 646 |
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl.res. datert 25. februar 1977, med endringar sist av 4. desember 2014. Fondet har til oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 4,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. I alt fekk 10 nye prosjekt tilskott.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,6 mill. kroner til Utviklingsfondet for skogbruket. Midlane frå fondet vil i første rekkje gå til brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til vidareutvikling av ein betre transportinfrastruktur for skogbruket i tillegg til andre verdiskapingstiltak i skogbruket. Infrastrukturtiltak i skogbruket bidreg til reduserte kostnader som er viktige for eit lønsamt skogbruk og for auka konkurransekraft og verdiskaping i skogsektoren.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 68,1 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Av dette blei det utbetalt 28,1 mill. kroner til tømmerkaier og 40 mill. kroner til skogsvegar. Det blei ut over dette gitt tilsegn på 20,1 mill. kroner til tømmerkaier, mellom anna 17,5 mill. kroner til eit nytt kaiprosjekt i Heim kommune i Trøndelag.
Det blei bygd om lag 110 km nye skogsbilvegar og ombygd om lag 233 km eldre skogsbilvegar. Dette er på nivå med året før. Aktiviteten må sjåast i samanheng med løyvingane til det same formålet over kap. 1150, post 50.
Ansvaret på posten 31. desember 2022 var på 119,1 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 54,2 mill. kroner til verdiskapingstiltak i skogbruket i 2024. Løyvinga på posten, saman med løyvinga på kap. 1150, post 50, skal bidra til å følgje opp regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft, der skog- og trenæringa og annan bioøkonomi er eitt av satsingsområda.
Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene i skogbruket. Behovet for investeringar i infrastruktur er stort over heile landet, men kyst- og innlandsfylka har ulike utfordringar. I mange av kystfylka står mykje av den skogen som i dag er hogstmoden, eller som snart blir det, langt frå veg eller i vanskeleg tilgjengeleg terreng. I innlandsfylka er ein stor del av skogsvegnettet gammalt og treng opprusting for å oppfylle transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller.
Tilskott til investeringar i betre skogsvegar er målretta og prioriterte tiltak for meir kostnadseffektiv tømmertransport. Desse investeringane vil òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket, mellom anna gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør.
Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av tømmer, flis og andre treprodukt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk knytte til tømmer. Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med tilskott til tømmerkaier for departementet. Dei mest sentrale tømmerkaiene langs kysten er no bygd eller under bygging, men det kan òg i 2024 vere aktuelt å nytte midlar frå posten til enkelte kaiprosjekt.
Som for 2023 vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak i skogbruket, der investeringane skjer over fleire år.
Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som det blir gitt tilsegn, gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2024 på 72,2 mill. kroner for å kunne dekkje ansvar frå tidlegare år, jf. tabell 4.9 og framlegg til vedtak IV. Beløpet er basert på ein prognose frå Landbruksdirektoratet.
Tabell 4.9 Tilsegnsfullmakt infrastrukturtiltak i 2024 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2023 | 119,1 | |
+ | Venta tilsegner i 2023 | 48,5 |
= | Sum | 167,7 |
- | Venta utbetalingar i 2023 | 63,4 |
= | Venta ansvar 31.12.2023 | 104,2 |
+ | Venta nye tilsegner i 2024 | 22,2 |
= | Sum | 126,4 |
Forslag til løyving i 2024 | 54,2 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2024 | 72,2 |
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til skog-, klima-, og energitiltak. Skogen har ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for tiltak som kan ta vare på eller styrkje karbonlageret i skogen. Dette vil i sin tur auke ressursgrunnlaget slik at fornybart skogråstoff i større grad kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.
Løyvinga dekkjer òg tilskott til Stiftinga Det norske Skogfrøverk, som har som oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Tilskottet frå departementet er basert på ein avtale med stiftinga om forvaltningsoppgåver frå 1995.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 44,1 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
28,5 mill. kroner gjekk til klimatiltak i skog. Av dette blei 25,0 mill. kroner nytta til tettare planting etter hogst. Vidare blei det nytta midlar til gjødsling av skog, planting av skog på nye areal og ungskogpleie. Det blei ikkje produsert gjødsel for skog i 2022, og av den grunn gjekk aktiviteten knytt til gjødsling vesentleg ned i 2022.
Det blei òg løyvd 9,0 mill. kroner til Stiftinga Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Til klimatiltaket skogplanteforedling blei det løyvd 6,0 mill. kroner.
Det blei ut over dette løyvd 650 000 kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) til prosjektet PlanteValg. Prosjektet skal gi skogeigaren og rettleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale ved forynging av skog.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 55,9 mill. kroner til skog-, klima- og energitiltak i skog.
Av dette vil 40,2 mill. kroner bli nytta til klimatiltak som tilskott til tettare skogplanting, gjødsling av skog, foredling av skogplanter og -frø og ungskogpleie. Klimatiltaka vil auke opptaket av CO2 i skogen. Tiltaka vil samstundes styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv. Klimatiltaka blir rekna som kostnadseffektive og er blant dei billigaste klimatiltaka som kan gjennomførast nasjonalt. Ved full implementering har tiltaka eit langsiktig potensial til å auke opptaket av CO2 i skog med 4–6 mill. tonn CO2 årleg fram mot 2100, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Tilskottsordningane er baserte på skog- og miljøfaglege kriterium utarbeidde av Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.
Departementet legg opp til ei løyving til Stiftinga Det norske Skogfrøverk på 15,0 mill. kroner, der 9,0 mill. kroner går til forvaltningsoppgåver og 6,0 mill. kroner går til arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og utvikling.
Departementet legg opp til ei løyving til prosjektet PlanteValg ved NIBIO på 650 000 kroner. Prosjektet skal gi skogeigaren og rettleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale ved forynging av skog.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 15 834 | 15 800 | 10 200 |
50 | Tilskott til Landbrukets utviklingsfond | 1 635 823 | 2 058 553 | 2 331 553 |
70 | Marknadstiltak, kan overførast | 258 678 | 335 100 | 341 140 |
71 | Tilskott ved produksjonssvikt, overslagsløyving | 93 890 | 96 500 | 102 400 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 4 830 023 | 5 381 935 | 5 802 918 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 12 081 695 | 14 195 545 | 16 139 630 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 285 578 | 319 861 | 346 470 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 521 827 | 1 679 065 | 1 914 969 |
Sum kap. 1150 | 20 723 348 | 24 082 359 | 26 989 280 |
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som fører til ei god måloppnåing både for næringa og for samfunnet. Ei vurdering av hovudmåla post for post på budsjettkapittelet gir ikkje fullgod informasjon. Difor er det heller ikkje tenleg å ha ei eiga resultatrapportering på kvar enkelt ordning. I omtalen under dette kapittelet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar og for bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadstiltak og til frakt blir dekt over fleire ordningar under kap. 1150, post 70 og 73, og i nokon grad under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt med meir. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalt via eit omsetnadsledd, skil seg òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til, eller kravd rapport frå tilskottsmottakarane (produsentane). Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Naudsynt kontroll blir sikra gjennom kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Vanlegvis blir det ikkje utført kontroll hos produsentane, men Landbruksdirektoratet har moglegheit til å kontrollere at rett sone er lagt til grunn for berekninga av tilskottet. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, post 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium slik som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane er i hovudsak tiltak for å refundere kostnader til avløysing for sjukdom og moglegheit for ferie/fritid i verksemder som krev arbeid alle dagar i året. Ein står her overfor den same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld òg for ordninga med tilskott til veterinære reiser, der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår om kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet direkte til ein sams mottakar, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent, som så betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til Folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som tiltenkt, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Forvaltning
Hovuddelen av forvaltninga av tilskotta under jordbruksavtalen er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, over kap. 525 til statsforvaltaren i budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, over kap. 571 rammetilskottet til kommunane og kap. 572 rammetilskottet til fylkeskommunane frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Løyvinga over kap. 1150, post 21, skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT- og fagsystem i Landbruksdirektoratet for forvaltning av tilskott over kap. 1150. For å kunne ha fleksibilitet kan det òg i nokre høve vere aktuelt å dekkje utviklings- og utgreiingskostnader over tilskottsordningane.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane er førstelinestyresmakt for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som omtalt ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I tilfelle der ikkje-statlege aktørar er tilskottsforvaltarar har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene.
Departementet og tilskottsforvaltninga arbeider kontinuerleg med å ha så gode kontrollsystem som mogleg. Det er etablert prosessar for å styrkje statsforvaltaren sin kontrollfunksjonen på landbruksområdet, mellom anna krav om at embeta årleg skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre føretakskontroll og forvaltningskontroll av kommunar. Statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet følgjer elles opp kommunane gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, og særskilde samlingar og kompetansetiltak. Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt resultat. Det er likevel framleis behov for vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Det gjeld særleg å bidra til at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at statsforvaltaren og kommunane har ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet vil følgje opp området vidare framover i tråd med det Riksrevisjonen har peika på i fleire samanhengar.
Rapportering 2022
Måla for landbrukspolitikken er omtalte i del I og III av proposisjonen. Hovudmålet er å sikre forbrukarane trygg mat, og å produsere den maten som forbrukarane etterspør. Ved sida av å produsere varer og tenester i marknaden, er norsk matsektor òg leverandør av ei rekkje fellesgode som ikkje kan omsetjast i marknaden, som mellom anna kulturlandskap og landbruksproduksjon i heile landet. Verkemidla bidreg til at måla for landbrukspolitikken blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad, i kombinasjon med produksjon av slike fellesgode. Mange av tilskottsordningane verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål.
Produksjon av trygg mat er òg ein grunnleggjande føresetnad for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Dessutan er dette tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar. Alt i alt gjer dette at måloppnåinga ikkje kan vurderast ut frå det enkelte tiltak, men på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. I jordbruksoppgjeret 2022 blei staten og jordbruket sine organisasjonar samde om ein avtale som innebar ein samla auke i inntektsmoglegheitene for 2022 og 2023 på 10 900 mill. kroner, samanlikna med 2022 før oppgjer. Stortinget vedtok jordbruksoppgjeret 15. juni 2022. Avtalen innebar ein auke i løyvinga over statsbudsjettet på 2 000 mill. kroner i 2022 og ytterlegare 3 505 mill. kroner i 2023. I sum for 2022 og 2023 blei løyvingane over jordbruksavtalen auka med 7 505 mill. kroner.
Kapittel 3 i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.) gir ein oversikt over sentrale utviklingstrekk for dei måla som er relevante for dei verkemidla som er omfatta av jordbruksavtalen. Sjå òg resultatrapporteringa i del III av denne proposisjonen.
Jordbruksoppgjeret 2023
Dei to jordbruksorganisasjonane klarte ikkje å bli samde om eit felles krav i jordbruksoppgjeret i 2023. For omtale av prosessen fram mot framlegg av krav, sjå omtale under programkategori 15.30. Norges Bondelags forhandlingsutval la fram sitt krav på vegne av jordbruket den 26. april. Den 5. mai la staten fram sitt tilbod. Det blei halde forhandlingsmøte i plenum 9. og 10. mai, der partane gjekk grundig gjennom krav og tilbod og utdjupa sine synspunkt. I perioden 11. til 16. mai blei det halde møte på leiarnivå og ulike arbeidsgrupper gjekk gjennom spesifikke problemstillingar. I plenumsmøte 16. mai konstaterte statens forhandlingsleiar at det var inngått jordbruksavtale mellom partane, og sluttprotokollen blei underskriven. Jordbruksoppgjeret blei sendt Stortinget som Prop. 121 S (2022–2023). Proposisjonen blei handsama i Stortinget den 15. juni 2023 på grunnlag av Innst. 487 S (2022–2023) frå næringskomiteen.
I tråd med Hovedavtalen for jordbruket fastsette staten og jordbruksorganisasjonane føresegner og tiltak i ein jordbruksavtale, i samsvar med Stortingets handsaming. Jordbruksavtalen omfattar målprisane for perioden frå 1.7.2023 til 30.6.2024 og tilskott som blir utbetalte i 2024. Målprisauken er berekna til 864 mill. kroner. Løyvinga på kap. 1150 blir auka med 2 907 mill. kroner, og verdien av jordbruksfrådraget aukar med 328 mill. kroner. Den samla auken i inntektsmoglegheiter etter jordbruksoppgjeret i 2023 for 2024 er 4 147 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2024
I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 2 907 mill. kroner for 2024. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet.
Krig og underskott på energi gir òg det kommande året høge prisar på mange varer og frakt internasjonalt. Utviklinga i grensehandelen og ustabile marknader gjer òg at det er uvisse omkring volumanslaga for overslagsløyvingane. For ordninga med tilskott ved produksjonssvikt har meir ekstremvær ført til at normalt forbruk over ordninga blir høgare enn før. Normalåret gir tilskott over post 71 tilsvarande 102,4 mill. kroner. Prognosane for 2024, det vil seie utan volumjustering og med uendra satsar, viser ei redusert løyving på post 73, med 273,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2023.
Dette gir ei samla løyving over kapittel 1150 i 2024 tilsvarande 26 989,280 mill. kroner, mot 24 082,359 mill. kroner i saldert budsjett for 2023.
Jordbruksoppgjeret innebar òg i år eit vesentleg bidrag for å styrkje miljø- og klimaarbeidet i jordbruket. Avsetjinga som har klima- og miljøverknad blei auka med 1 112,7 mill. kroner frå 2023 til 2024, og totalt er 9 305 mill. kroner sett av til desse ordningane over jordbruksavtalen for 2024. Det er ei særskild satsing retta mot tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å bidra til auka måloppnåing og meir effektiv tilskottsforvaltning gjennom å dekkje kostnader til utvikling av IKT-/fagsystem i forvaltninga av tilskott, evalueringar av ordningane og til arbeidsgrupper som er sette ned av avtalepartane eller vedtekne av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte over ordninga.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 15,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Følgjande prosjekt blei finansierte over ordninga i 2022:
digitaliseringsprosjekt skog
ekspertgruppe – modell for å gjere synleg klimaeffekt av jordbruksoppgjeret
modernisering og risikoreduserande tiltak eStil-RMP
ulike arbeidsgrupper og utgreiingar
forbetring av eStil-PT
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,2 mill kroner. Løyvinga skal mellom anna finansiere arbeid med forbetring, modernisering og risikoreduserande tiltak i eStil-PT, òg avvikling av Eggsys og flytting av eggdata til LDB. 2,0 mill. kroner er sett av til å finansiere arbeidsgrupper og utgreiingar til partane i jordbruksoppgjeret.
Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)
Formål med løyvinga
Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som styrkjer og byggjer ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, medrekna mellom anna tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Fleire av ordningane som ligg under LUF er viktige for å følgje opp ambisjonane i Hurdalsplattforma knytt til utvikling og investering innan landbruksnæringa, auka produksjon og omsetnad av lokalmat og -drikke og økologisk mat, i tillegg til utdanning, kompetanseheving og landbruksforsking.
Sentrale mål for verkemidla er å leggje til rette for fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø i landbruket. Risikoavlastande verkemiddel er eit viktig bidrag til å få ein konkurransedyktig og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Fleire av verkemidla har vidare som mål å lette oppstartsutfordringar og bidra til kompetanseutvikling i næringa. Ordningane er difor viktige for rekruttering til landbruket.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 1 651,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet viser til Prop. 121 S (2022–2023) for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte over LUF. Ordningane det er gitt støtte til, kan delast inn i åtte område:
bedriftsretta midlar
tilskott til Stiftinga Norsk Mat
nasjonale og regionale tilretteleggingsmidlar for næringsutvikling
tilskott til rekrutterings- og kompetansehevingstiltak
forsking og utvikling
skogbruk, fornybar energi og teknologiutvikling
konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
verkemiddel retta mot miljø- og klimatiltak og økologisk landbruk
Budsjettframlegg 2024
Med bakgrunn i Prop. 121 S (2022–2023) og Stortingets handsaming, jf. Innst. 487 S (2022–2023) gjer departementet framlegg om ei løyving til LUF på 2 331,6 mill. kroner. Tabell 4.10 viser kapitalsituasjonen for LUF 2022–2027.
Rekneskap og prognosar for utviklinga av fondet er basert på Landbruksdirektoratets årsrapport for fondet. Per 31. desember 2022 var eigenkapitalen til fondet på 602,6 mill. kroner.
Fondet har ansvar for innvilga, men ikkje utbetalte tilskott. Ansvar per 31. desember 2022 er berekna til 2 368 mill. kroner. I tillegg kjem ansvar for rentestøtteordninga som per 31.12.2022 er berekna til 150 mill. kroner.
Tilskottsramma frå fondet har i fleire år vore vesentleg høgare enn løyvinga inn til fondet, noko som har ført til eit relativt stort negativt årsresultat for fondet i fleire år. Sidan fondet har hatt ein solid eigenkapital med årleg tilførsel av innbetalingar i form av tilbakebetaling av investeringslån, har det vore mogleg å budsjettere med eit visst negativt årsresultat frå jordbruksavtalepartane si side. Investeringslåna vil vere tilbakebetalt i løpet av dei nærmaste åra og det vil etter det kun vere løyvinga til fondet over jordbruksavtalen som tilfører fondet midlar.
I dei siste års jordbruksoppgjer har det blitt gjort fleire tiltak for å styrkje eigenkapitalen til fondet. I fjorårets jordbruksoppgjer blei løyvinga til fondet auka med 50 mill. kroner meir enn tilskottsramma frå fondet. Fondet blei òg styrkt med eingongsmidlar i 2022 på 57,3 mill. kroner. Det blei vidare lagt til grunn at eigenkapitalen som eit minimum bør vere 200 mill. kroner, for å vere sikker på å kunne dekkje framtidige utbetalingsforpliktingar.
Vidare har unytta rammer på enkelte ordningar blitt inndregne. I fjorårets jordbruksoppgjer blei det semje om at det frå årsskiftet 2023/2024 skal innførast ein praksis med at unytta rammer på ordningar forvalta av Landbruksdirektoratet, statsforvaltaren og Innovasjon Norge skal inndragast til fondet.
Årsresultatet for 2022 gav eit positivt resultat på nærmare 60 mill. kroner. Det positive resultatet kjem mellom anna av at løyvinga til fondet blei auka i 2022. Prognosane frå Landbruksdirektoratet i forkant av jordbruksoppgjeret 2023 fram mot 2027 tilsa at ein med uendra tilførsel til fondet og uendra tilskottsramme ut av fondet i 2027 ikkje vil ha nok eigenkapital til å betale ut årlege forventa forpliktingar. Landbruksdirektoratet tilrådde at fondskapitalen og likviditeten til fondet måtte styrkjast gjennom auka tilførsel av midlar, slik at fondet kan handtere ansvaret og forventa utbetalingar. Alternativt tilrådde direktoratet at tilskottsramma frå fondet blei redusert, for å styrkje fondet på lengre sikt.
Det er utfordrande å fastsetje gode utbetalingsprognosar for eit fond som har 26 ulike tilskottsordningar under seg. Inndraging av unytta rammer er eit tiltak for å redusere framtidig ansvar. I årets jordbruksoppgjer blei avtalepartane samde om å møtast innan 15. februar kvart år for å vurdere inndraging av unytta rammer. Hovudregelen skal vere inndraging av rammer, men med opning for vurdering av dei enkelte postane. For IBU-ordninga er det skissert ei eiga løysing. Unytta rammer frå ordningar med samfinansiering frå andre budsjettkapittel og tidsavgrensa ordningar/prosjekt som ikkje er avslutta, skal ikkje inndragast.
Løyvinga til Landbrukets utviklingsfond for 2024 blir sett til 2 331,6 mill. kroner, ein auke på 273 mill. kroner frå 2023. Tilskottsramma frå fondet aukar med 198 mill. kroner til 2 519 mill. kroner. Løyvinga til fondet aukar med det med 75 mill. kroner meir enn det tilskottsramma frå fondet aukar. Tabell 4.10 viser oversikt over kapitalsituasjonen til fondet 2022–2027 med utgangspunkt i dei endringane som blei gjorde i årets jordbruksavtale. Kapitalsituasjonen til fondet er framleis krevjande og må haldast under oppsyn òg framover i tid.
Tabell 4.10 Kapitalsituasjonen til LUF 2022–2027 (i mill. kroner)
Rekneskap 2022 | Prognose 2023 | Prognose 2024 | Prognose 2025 | Prognose 2026 | Prognose 2027 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Løyving | 1 578,6 | 2 058,6 | 2 331,6 | 2331,6 | 2331,6 | 2331,6 |
Eingongsmidlar | 57,3 | 168,8 | ||||
Renteinntekter | 7,8 | 8,0 | 8,0 | 8,0 | 8,0 | 8,0 |
Andre inntekter1 | 25,5 | 23,5 | 23,5 | 23,5 | 23,5 | 23,5 |
Løyving kap. 1149 | 42,4 | 20,0 | 20,0 | 20,0 | 20,0 | 20,0 |
SUM INNTEKTER | 1 711,6 | 2 278,8 | 2 383,1 | 2383,1 | 2383,1 | 2383,1 |
Utbetalingar av tilskott frå fondet, jf. årsrapport LUF 2022 | 1 609,4 | 2 108,5 | 2 247,0 | 2238,1 | 2272,5 | 2354,2 |
Utbetalingar kap. 1149 | 42,4 | 20,0 | 20,0 | 20,0 | 20,0 | 20,0 |
Endring i tilskottsramme2 | 75,0 | 198,0 | 198,0 | 198,0 | 198,0 | |
SUM UTBETALINGAR | 1 651,8 | 2 203,5 | 2 465,0 | 2456,1 | 2490,5 | 2572,2 |
RESULTAT | 59,8 | 75,3 | -81,9 | -73,1 | -107,4 | -189,1 |
Utvikling i eigenkapital | 602,6 | 677,9 | 596,0 | 522,9 | 415,5 | 226,4 |
Inneståande i Norges Bank, inkl. a konto IN | 638,3 | 578,0 | 592,0 | 519,9 | 413,0 | 224,1 |
Uteståande investeringslån | 9,0 | 6,2 | 4,0 | 3,0 | 2,5 | 2,2 |
Tapsfond risikolån BU | -44,4 | |||||
Kortsiktig gjeld | -0,3 |
1 Omfattar overføringar frå to statsforvaltarar til ordninga Verdsarv, i tillegg til overføring frå Reindriftens Utviklingsfond til ordninga konfliktførebyggjande tiltak og overføring frå Miljødirektoratet til ordninga Utvalde kulturlandskap.
2 Endring i tilskottsramma for 2024 (ut over prognose sett i årsrapport for LUF 2022) kjem truleg ikkje til utbetaling i sin heilskap i 2024.
Nærare om tilskottsramma over LUF
Tabell 4.11 viser tilskottsramme for LUF i 2024, i tillegg til endring i tilskottsramme frå 2023 til 2024. 70 mill. kroner av ledige midlar for 2023 skal nyttast til å styrkje Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket i inneverande år. 5 mill. kroner av ledige midlar for 2023 skal nyttast til å styrkje forskingsmidlane i 2023. For 2024 er partane samde om at tilskottsramma for fondet blir auka med 198 mill. kroner til totalt 2 519 mill. kroner. Utbetalingsforpliktingar for rentestøtteordninga på 40 mill. kroner og utbetalingar til Landbruksdirektoratets administrasjon av fondet på 4,2 mill. kroner er ikkje inkludert i tilskottsramma.
Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF er i 2024 avsett til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling, investering og bedriftsutvikling i landbruket, rekruttering og kompetanseheving. Skogbruk og ordningar knytte til klima- og miljøtiltak er ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet. Avtalepartane blei samde om å prioritere investeringstilskott for å imøtekomme dyrevelferdskrav, ordningar med klima- og miljøinnretning og ei satsing på landbruket i Nord-Noreg.
Tabell 4.11 Tilskottsramme LUF (i mill. kroner)
2023 | Ekstra 2023 | 2024 | Endring 2023–2024 | |
---|---|---|---|---|
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | 1 150,5 | 1 220,5 | 70,0 | |
Nasjonale tilretteleggingsmidlar inkl. grøntprosjekt | 16,0 | 16,0 | ||
Regionale tilretteleggingsmidlar | 40,0 | 41,0 | 1,0 | |
Områderetta innsats | ||||
Berekraftig matproduksjon i nord | 17,0 | 17,0 | 0,0 | |
Fjellandbruket | 3,0 | 3,0 | 0,0 | |
Rekruttering og kompetanse i landbruket | ||||
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | 14,7 | 14,7 | 0,0 | |
Regionale tilskott til rekruttering og komp.heving | 14,0 | 14,0 | 0,0 | |
Nasjonal modell for vaksenagronom | 17,0 | 17,0 | 0,0 | |
Mentorordning | 4,0 | 0,0 | -4,0 | |
Forsking og utvikling1 | 77,0 | 5,0 | 83,5 | 6,5 |
PRESIS- Presisjonsjordbruk i praksis | 4,0 | 4,0 | 0,0 | |
Stiftelsen Norsk mat | 66,0 | 71,0 | 5,0 | |
Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping | 84,3 | 84,3 | 0,0 | |
Bondens marknad og Norsk Gardsost | 4,0 | 3,0 | -1,0 | |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | 162,0 | 70,0 | 222,0 | 60,0 |
Skogbruk | 260,0 | 270,0 | 10,0 | |
Oppfølging av handlingsplan mot villsvin | 3,0 | 1,5 | -1,5 | |
Midar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift | 1,5 | 1,5 | 0,0 | |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | 170,0 | 200,0 | 30,0 | |
Drenering | 68,0 | 68,0 | 0,0 | |
MetanHUB | 0,0 | 10,0 | 10,0 | |
Klimasmart landbruk | 10,0 | 10,0 | 0,0 | |
Tilskott til tiltak i beiteområde | 31,0 | 31,0 | 0,0 | |
Handlingsplan for plantevernmidlar | 14,0 | 14,0 | 0,0 | |
Klima- og miljøprogram | 37,0 | 40,0 | 3,0 | |
Biogass | 13,0 | 22,0 | 9,0 | |
Verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap | 25,0 | 25,0 | 0,0 | |
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk | 15,0 | 15,0 | 0,0 | |
SUM tilskottsramme2 | 2 321,0 | 75,0 | 2 519,0 | 198,0 |
1 0,5 mill. kroner skal gå til evaluering av vaksenagronomen. Avsetjinga for 2023 skal òg dekkje utgreiingar.
2 I tillegg til tilskottsramma må det med utgangspunkt i utbetalingsprognosane for fondet, jf. Landbruksdirektoratets årsrapport for fondet, setjast av ei ramme på 40 mill. kroner til rentestøtteordninga og 4,2 mill. kroner til Landbruksdirektoratets administrasjon av fondet. Desse avsetjingane er inkludert i framtidige utbetalingsprognosar for fondet.
For fullstendige føringar for dei enkelte ordningane under LUF viser departementet til Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet for 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.).
Post 70 Marknadstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
70.11 | Tilskott til marknadstiltak grøntsektoren | 31 400 | 35 900 | 40 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisutjamningsordninga | 186 642 | 255 200 | 254 740 |
70.13 | Tilskott til avrensordninga poteter | 40 636 | 44 000 | 46 000 |
Sum post 70 | 258 678 | 335 100 | 341 140 |
Det blei i 2022 nytta 258,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 341,1 mill. kroner i 2024.
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak grøntsektoren
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetnad for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering, opplysningsverksemd og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens desse tiltaka blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å tilføre posten 10 mill. kroner frå ledige midlar i 2023 til avsetningstiltak hagebruk og potet. I tillegg var partane samde om å auke løyvinga til Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG) med 3 mill. kroner, og 1,5 mill. kroner Norges Birøkterlag for å finansiere ei opplysingsordning for honning og andre bie-produkter. Dette gir ei løyving på underposten på 40,4 mill. kroner i 2024.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningordninga
Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg. Løyvingane over denne ordninga må vere avpassa skilnaden mellom prisar på verdsmarknaden og norske prisar på råvarer som inngår i ferdigvarene. Prisane på verdsmarknaden er usikre og kan variere mykje. Dei siste åra har det gjennomgåande vore høge internasjonale prisar som har redusert løyvingsbehovet på denne ordninga. Det har òg vore svingingar i valutamarknaden som påverkar løyvingsbehovet.
Målprisauken i jordbruksavtalen og utviklinga i prisskilnader mellom verdsmarknaden og Noreg på jordbruksråvarer, gir ein reduksjon i løyvinga tilsvarande 460 000 kroner.
Samla gir dette ei løyving på underposten på 254,7 mill. kroner i 2024.
Underpost 70.13 Tilskott til avrensordninga poteter
Formålet med ordninga er å sikre avsetjing av norskproduserte avrenspoteter. Dette er fråsorterte poteter som ikkje kan nyttast til mat eller industriproduksjon. Det blir gitt prisnedskrivingstilskott til produksjon av rektifisert potetsprit eller potetstivelse ved avtale om mottak av avrenspoteter frå godkjente omsetnadsledd i marknadsordninga for poteter. Dette gir redusert matsvinn og lågare klimagassutslepp. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å auke løyvinga til potetstivelse med 2 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 46 mill. kroner i 2024.
Post 71 Tilskott ved produksjonssvikt, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som kjem av klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 93,9 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Det er noko meir enn budsjettert.
I 2022 blei det motteke 1134 søknader om tilskott ved klimabetinga produksjonssvikt. Om lag halvparten av søknadene for skadeåret 2022 blei handsama og utbetalt før årsskiftet.
Det blei større utbetalingar knytte til søknader om tilskott ved tap grunna manglande arbeidskraft frå skadeåret 2021 enn rekna med. Om lag halvparten av desse søknadane var ikkje handsama ved starten av 2022, og desse fekk innvilga til saman 20,4 mill. kroner, som blei utbetalte i 2022.
Det blei motteke 10 søknader om tilskott etter svikt i honningproduksjon i 2022. Tre av desse blei handsama i 2022. I tillegg blei 27 saker frå skadeåret 2021 handsama i 2022.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 102,4 mill. kroner.
I jordbruksoppgjeret blei det semje om nye satsar frå 1. januar 2024. Partane var òg samde om å auke taka for vekstgruppene grovfôr og korn og anna frø til modning til 900 000 kroner per vekstgruppe og taka for vekstgruppene frukt, bær, grønsaker og poteter til 1 800 000 kroner per vekstgruppe. Det er lagt til grunn at dette gir ei auka løyving på 5,9 mill. kroner. På grunn av tørke og flaum sommaren 2023, vil regjeringa i samband med nysalderinga for 2023 foreslå for Stortinget at nye satsar og tak òg skal gjelde for produksjonssesongen 2023.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
73.11 | Pristilskott ull | 102 862 | 108 000 | 115 700 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 679 823 | 729 700 | 1 026 700 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 1 463 245 | 1 707 435 | 1 764 518 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 3 078 | 5 500 | 6 400 |
73.17 | Pristilskott grøntsektoren | 216 675 | 288 400 | 330 400 |
73.18 | Frakttilskott | 407 353 | 446 500 | 528 200 |
73.19 | Pristilskott korn | 1 956 987 | 2 096 400 | 2 031 000 |
Sum post 73 | 4 830 023 | 5 381 935 | 5 802 918 |
Det blei i 2022 nytta 4 830,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 73, på 5 802,9 mill. kroner i 2024.
I jordbruksoppgjeret blei det gjort satsendringar som aukar løyvinga på posten med 421 mill. kroner. Tala på post 73 er ikkje justerte for endringar i volum. Landbruks- og matdepartementet kjem tilbake med volumjusterte tal i Revidert nasjonalbudsjett for 2024.
Underpost 73.11 Pristilskott ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til å betre kvaliteten på norsk ull og sikre avsetnad i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for ulltilskottet auka med 3 kroner per kg til 41,96 kroner per kg. Endringane gir ei løyving på underposten på 115,7 mill. kroner.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitemjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.
Ut over område med nullsats, blir det gitt distriktstilskott med ni ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Etter jordbruksavtalen i år vil satsane for distriktstilskottet variere frå null og opp til 250 øre per liter.
I jordbruksavtalen blei satsane i sone A vidareført på 0, mens satsane for sone B til J blei auka med mellom 10 øre per liter og 85 øre per liter. Den største auken var i sone H. Partane var òg samde om å innføre eit pristilskott til produksjon av økologisk mjølk på 0,40 kroner per liter. Dette gir ei samla løyving på underposten på 1 026,7 mill. kroner.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for slakt av lam og kje.
Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet.
Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.
Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
I jordbruksoppgjeret blei kvalitetstilskottet for lammeslakt auka med 20 kroner per slakt. For kvalitetsttilskottet for storfe blei ordninga ført vidare med uendra satsar. Distriktstilskottet for sonene i Nord-Noreg blei auka med 3 kroner per kg for storfe, sau og geit, og med 0,45 kroner per kg for gris. Samla gir dette ei auka løyving på 57,08 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 1 764,5 mill. kroner. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 90,1 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 438,9 mill. kroner, distriktstilskottet 711,7 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 523,8 mill. kroner.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet utanom Rogaland. I jordbruksavtalen er satsen auka med 0,10 kr/kg for Vestland og 0,10 kroner per kg for Nord-Noreg. Dette aukar løyvinga med 0,9 mill. kroner, og det gir ei løyving på underposten på 6,4 mill. kroner i 2024.
Underpost 73.17 Pristilskott grøntsektoren
Formålet med ordninga er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.
Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær, leveransar av pressfrukt til industri, bær til industri og til produksjon av matpotet og grønsaker i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til produksjon av salat og veksthusproduksjon av tomat og slangeagurk.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott for areal- og kulturlandskap.
I jordbruksoppgjeret blei satsane i ordninga auka med 0,80 kroner per kg for produksjon av frukt til konsummarknaden og til press, og 1,50 kroner per kg for produksjon av morellar og bær til konsummarknaden. For bær til industri blei satsen auka med 2 kroner per kg. Tilskott til tomat og agurk i veksthus blei auka med høvesvis 0,80 kroner per kg og 0,35 kroner per kg, og tilskott til salat blei auka med 0,20 kroner per kg. Tilskott til produksjon av potet og grønsaker i Nord-Noreg blei auka med 0,85 kroner per kg.
Det samla utslaget av alle satsendringane gir ein auke i løyvinga på 42 mill. kroner. Samla forbruk over ordninga er etter dette berekna til 330,4 mill. kroner. Av dette er 11,8 mill. kroner produksjon av poteter og grønsaker i Nord-Noreg og 318,6 mill. kroner produksjon av frukt, bær, salat og grønsaker.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Ordninga omfattar tilskott til frakt av slaktedyr, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Tilskott til frakt av slaktedyr skal òg bidra til å vareta rammevilkåra for små slakteri. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.
Fraktkostnadene har auka mykje, og i jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 81,7 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 528,2 mill. kroner. Av dette er 215 mill. kroner til frakt av kjøtt, 10 mill. kroner til frakt av egg og 303,2 mill. kroner til frakt av korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr.
Underpost 73.19 Pristilskott korn
Formålet med ordninga er å sikre avsetnad av norskprodusert korn, erter og oljefrø, og å regulere kostnadene og konkurransekrafta til norsk husdyrproduksjon, i tillegg til å styrkje konkurransekrafta til norsk cerealindustri.
Ordninga omfattar tilskott til prisnedskriving ved kjøp av norskprodusert korn for vidare sal eller tilverking av kraftfôr eller mat, og tilskott til føretak som nyttar norskprodusert korn i tilverking av mjøl eller andre cerealprodukt som blir nytta til mat (matkorntilskott). Gjennom desse ordningane kan ein då regulere prisen på råvarer til kraftfôr og matmjøl. For å fremje avsetnaden av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar for økologisk produsert vare.
I jordbruksoppgjeret blei målprisane for matkorn reduserte med 0,01 krone per kg, målprisane for fôrkorn blei reduserte med 0,10 kroner per kg.
Den ekstraordinære situasjonen på verdsmarknaden har gitt store svingingar i internasjonale kornprisar. I periodar i 2022 og 2023 var prisen over norsk engrospris. Utan tiltak er det då ikkje mogleg å oppretthalde eit målprissystem i Noreg. Partane i jordbruksoppgjeret innførte difor i 2022 eit mellombels system med prisnedskriving av både norsk og importert karbohydratråvare til eit norsk engrosprisnivå. Prisnedskrivinga av det norske kornet blei etter dette redusert med 0,10 kroner per kg, mens importert korn til kraftfôr fekk eit pristilskott berekna til 0,85 kronar per kg med dei verdsmarknadsprisane som blei registrerte i mai 2023. Dersom marknaden blir normalisert og dei internasjonale prisane går ned, vil dette redusere prisnedskrivinga av det importerte kornet tilsvarande.
Matkorntilskottet kjem i tillegg til prisnedskrivinga. Med den marknadssituasjonen som er no, var partane samde om matkorntilskottet skulle innførast på nytt etter at det blei suspendert i 2022-oppgjeret. Tilskottet blei sett til 0,23 kroner per kg.
Satsendringane i jordbruksoppgjeret gir ei samla redusert løyving på 65,4 mill. kroner, der løyvinga til prisnedskriving korn går ned med 125,9 mill. kroner og løyvinga til matkorntilskott aukar med 60,5 mill. kroner. Dette gir ei løyving på posten på 2 031,0 mill. kroner.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
74.11 | Driftstilskott mjølk og kjøtt | 1 757 626 | 2 483 700 | 2 796 500 |
74.14 | Tilskott husdyr | 3 641 519 | 4 069 645 | 4 720 230 |
74.16 | Beitetilskott | 1 076 111 | 1 958 500 | 1 886 900 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 4 883 553 | 4 751 000 | 5 567 300 |
74.19 | Tilskott til regionale miljøprogram | 597 144 | 786 100 | 1 006 100 |
74.20 | Tilskott til økologisk jordbruk | 125 742 | 146 600 | 162 600 |
Sum post 74 | 12 081 695 | 14 195 545 | 16 139 630 |
Det blei i 2022 nytta 12 081,7 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16 139,6 mill. kroner i 2024.
Underpost 74.11 Driftstilskott mjølk og kjøtt
Formålet med driftstilskottet er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen og i produksjon av storfekjøtt. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik, og har òg ei geografisk differensiering.
Ordninga består av tilskott til føretak med mjølkeproduksjon og tilskott til føretak med kjøttproduksjon på ammekyr. Satsane er differensierte etter dei same sonene som for tilskott til areal og kulturlandskap.
Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har fem kyr eller meir. I jordbruksoppgjeret blei satsen for bruk med mjølkeku auka med 40 000 kroner per føretak i sone 1, 3 og 4, med 44 000 kroner per føretak i sone 2, med 47 000 kroner per føretak i sone 5, og med 67 000 kroner per føretak i sone 6 og 7. Tilskottet varierer etter dette mellom 282 050 kroner og 344 050 kroner per føretak.
For driftstilskottet til produksjon med ammekyr blei satsen auka med 10 000 kroner per føretak i sone 5–7. Tilskottet blir etter dette 230 560 kroner per føretak i sone 1–4 og 307 520 kroner i sone 5–7.
Auken i satsane, rekna saman med ei innsparing som følgje av redusert tal på dyr/føretak, krev ei auka løyving på 312,8 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 2 796,5 mill. kroner. Av dette er 700,8 mill. kroner til kjøttproduksjon og 2 095,7 mill. kroner til mjølkeproduksjon.
Underpost 74.14 Tilskott husdyr
Formålet med tilskottet er å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg styrkje økonomien i honningproduksjon og bidra til bevaring av gen for gamle husdyrrasar. Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir trappa ned med aukande dyretal per føretak.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for mjølkekyr auka med 2 543 kroner per ku, for ammekyr blei satsen auka med 250 kroner per ku. For andre storfe blei satsen auka med 175 kroner per dyr, mens tilskottet til små og mellomstore mjølkebruk blei vidareført uendra. For storfe samla gir alle satsaukingane ei løyving på 661,3 mill. kroner.
Den felles satsgruppa for sau og ammegeit blei delt med eigne satsintervall for respektive sau og ammegeit. For sau blei det gitt auking i satsane på 18,9 mill. kroner. Det blei òg gitt auking i satsane for bifolk med 2,4 mill. kroner og hjort med 0,8 mill. kroner. Til ordninga med genbevaring av husdyrrasar, blei det sett av 1,1 mill. kroner til auka sats med 200 kroner per dyr for storfe.
Verknaden av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet krev ein auke i løyvinga på 650,6 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 4 720,2 mill. kroner. Av dette er 29,2 mill. kroner sett av som tilskott til genbevaring av husdyrrasar.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Formålet med ordninga er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå god utnytting av utmarksbeiteressursane.
Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar på innmark og/eller i utmark (generelt beitetilskott). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta. Dei som mottek tilskott for dyr som beitar i utmark, kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for utmarksbeitetilskottet auka med 350 kroner per dyr for storfe m.m., og med 110 kroner per dyr for småfe. Satsane i beitetilskottet blei auka med 280 kroner per dyr for storfe m.m. og 30 kroner per dyr for småfe m.m. Satsendringane gir, saman med prognosen for talet på beitedyr, ei auka løyving på 537,9 mill. kroner.
Dette gir ei løyving på underposten på 1 886,9 mill. kroner fordelt med 1 160,7 mill. kroner for dyr på utmarksbeite og 726,2 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet.
Ordninga omfattar eit tilskott til kulturlandskap med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som oppfyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensierte ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og mellom distrikt med varierande driftskostnader og avlingsnivå.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for kulturlandskapstilskottet for alt dyrka areal auka frå 265 kroner per dekar til 285 kroner per dekar. Arealtilskott for potet blei auka med 75 kroner per dekar og for grønsaker med 300 kroner per dekar i intervallet 1–300 dekar for alle soner. Arealtilskott frukt blei auka med 230 kroner per dekar i intervallet 1–75 dekar, og bær med 230 kroner per dekar i intervallet 1–150 i alle soner.
Dette gir ei samla løyving til areal- og kulturlandskapstilskott i 2024 på 5 567,3 mill. kroner, som er fordelt med 2 519,3 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 3 048 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Tilskott til regionale miljøprogram
Nasjonalt miljøprogram er inndelt i ni miljøfaglege tema der jordbruket har eit sektoransvar, og legg rammene for utforminga av dei regionale miljøprogramma. Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn gjennom eit regionalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte. Dei regionale miljøprogramma har tiltak med tilhøyrande tilskott retta mot føretak innanfor følgjande område: Redusert forureining til vatn og luft, ivaretaking av kulturlandskap, ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø, tilrettelegging for friluftsliv og tilgjenge, ivaretaking av biologisk mangfald, utslepp til luft, plantevern, jord og jordhelse og miljøavtale. Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke. Kvart fylke har eigne 4-årige miljøprogram som prioriterer innsatsen retta mot miljøutfordringane i fylket. Dei regionale miljøprogramma gir ei målretting av miljøinnsatsen i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom generelle nasjonale ordningar. Programmet skal òg gi føringar for prioriteringar i dei kommunale tiltaksstrategiane for bruk av SMIL-midlar. Rapporteringa tyder på stor aktivitet i fylka, og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet. I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å auke ramma for ordninga med 220 mill. kroner i 2024, av dette er 80 mill. kroner øyremerkt til vassmiljøtiltak i fylka Oslo, Viken, Vestfold-delen av Vestfold og Telemark og Innlandet. Målet er å stimulere til auka oppslutning om vassmiljøtiltak i jordbruket og for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv. Partane vedtok òg at pilotperioden for klimarådgiving skal evaluerast fram til jordbruksoppgjeret 2024. Den samla løyvinga på underposten blir 1 006,1 mill. kroner i 2024. Øvrige føringar for bruk av RMP-midlar finst i Prop. 120 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2022).
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk
Formålet med ordninga er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen er økologisk. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon. I jordbruksoppgjeret blei det vedteke at det skal innførast pristilskott for økologisk mjølk på 0,40 kroner per liter, tilsvarande 18 mill. kroner. Satsane for det ekstra arealtilskottet til økologisk frukt, bær og grønnsaker blei auka med 175 kroner per dekar, korn med 100 kroner per dekar, grovfôr med 5 kroner per dekar og økologisk areal i 1. karens med 50 kroner per dekar. Satsane for økologisk husdyrproduksjon blei auka med høvevis 250 kroner per mjølkeku og 250 kroner per ammeku. Endringa i satsane til økologisk produksjon aukar løyvinga med 16 mill. kroner. Samla løyving på underposten blir etter dette på 162,6 mill. kroner i 2024.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 93 989 | 106 245 | 117 075 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 21 579 | 29 060 | 30 060 |
77.13 | Tilskott til rådgiving | 98 000 | 108 000 | 116 000 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 55 010 | 55 856 | 60 635 |
77.17 | Tilskott til fellesanlegg for frukt | 17 000 | 20 700 | 22 700 |
Sum post 77 | 285 578 | 319 861 | 346 470 |
Det blei i 2022 nytta 285,6 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 346,5 mill. kroner i 2024.
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor og effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Tilskottet skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
For tilskott til veterinærreiser auka partane i jordbruksoppgjeret køyregodtgjerdsla med 3 kroner per km, tilsvarande 9,3 mill. kroner, og satsen for bruk av båt med 9 kroner per km, tilsvarande 0,1 mill. kroner. Løyvinga til semintenester blei auka med 4 mill. kroner. Tilskott til avlsorganisasjoner blei auka med 0,5 mill. kroner og Norsk Sau og Geit blei løyvd 2 mill. kroner til drift av eit mobilt klimakammer for måling av metan. Det er prognosert ein nedgang i behovet over ordningane tilsvarande 5 mill. kroner. Samla gir dette ei løyving på post 77.11 på 117,1 mill. kroner.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det er tre typar tilskott under ordninga: Pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.
Tilskott til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjente sortar.
For å sikre forsyninga av såkorn i år med små volum eller dårleg kvalitet på norsk såkorn, blir det gitt tilskott til beredskapslagring av såkorn mellom avlingsåra. Som oppfølging av den nasjonale pollinatorstrategien, blir ordninga utvida til å omfatte pollinatorvenlege frøblandingar. Avsetjinga blir ført vidare i 2024.
For beredskapslagringa av såkorn er tilskottet 0,90 kroner per kg innafor ei ramme på 10 mill. kroner. Det er ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret, men prognosen inneber eit auka behov tilsvarande 1 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 30,1 mill. kroner i 2024.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Formålet med støtta til Norsk Landbruksrådgiving er å bidra til eit likeverdig rådgivingtilbod til alle bønder i heile landet. Dette betyr at alle bønder skal ha tilgang til fagleg kompetent rådgiving innanfor dei områda som blir støtta over jordbruksavtalen, uavhengig av geografisk tilhøyrsle og medlemsskap. Støtta skal òg bidra til å sikre eit landsomfattande tilbod av krisebistand. Kjerneområde for støtta som blir gitt over jordbruksavtalen er rådgivings- og kunnskapsutviklingsarbeid innan konvensjonell og økologisk planteproduksjon. I tillegg har Norsk landbruksrådgiving ei viktig oppgåve innan fagområdet HMS i landbruket.
I forkant av jordbruksoppgjeret 2023 overleverte Norsk landbruksrådgiving ein plan for samordning av dei regionale einingane til eitt føretak; Samvirkeforetaket Norsk Landbruksrådgiving SA. Jordbruksavtalepartane blei samde om at Samvirkeforetaket Norsk Landbruksrådgiving SA, gjennom sin organisasjonsmodell, vil ivareta dei krav som er stilte for å oppfylle formålet med støtta. I jordbruksoppgjeret blei avtalepartane vidare samde om at Samvirkeforetaket Norsk Landbruksrådgiving SA skulle tildelast 2 mill. kroner frå ledige midlar i 2023 og at støtta til Samvirkeforetaket Norsk Landbruksrådgjeving SA for 2024 skulle aukast med 8 mill. kroner, der 4 mill. kroner av aukinga omfattar overføring av mentortenesta som tidlegare blei løyvd over Landbrukets utviklingsfond.
Løyvinga til Norsk Gartnerforbund på 1 mill. kroner til arbeidet med energirådgiving i veksthusnæringa blir vidareført.
Samla løyving på underpost 77.13 blir etter dette 116 mill. kroner.
Underpost 77.15 Kvalitetstiltak
Formålet med ordninga er å bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for særskilde skadegjerarar, og med definerte eigenskapar som er tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter at høg kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å auke løyvinga til utvikling av plantemateriale med 2,5 mill. kroner, mellom anna for å møte framtidige behov for plantemateriale. Tilskott til settepotetavl blei auka med 2 mill. kroner. Prognosen inneber òg eit auka behov tilsvarande 0,28 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 60,6 mill. kroner.
Underpost 77.17 Tilskott til fellesanlegg for frukt
Formålet med tilskottet er å fremje samarbeid om lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.
I jordbruksoppgjeret var partane samde om å styrkje ordninga med 2 mill. kroner, eller om lag 0,20 kroner per kg omsett frukt. Dette gir ei løyving på underposten på 22,7 mill. kroner.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
78.11 | Tilskott til avløysing | 1 227 170 | 1 335 367 | 1 554 877 |
78.12 | Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m. | 122 854 | 168 100 | 188 700 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga | 36 900 | 36 900 | 38 100 |
78.15 | Tilskott til landbruksvikarordninga | 68 008 | 70 748 | 73 292 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordninga | 66 895 | 67 950 | 60 000 |
Sum post 78 | 1 521 827 | 1 679 065 | 1 914 969 |
Det blei i 2022 nytta 1 521,8 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 915,0 mill. kroner i 2024.
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til å finansiere leige av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak. Dei som søkjer om tilskott, skal kunne dokumentere faktiske kostnader til leigd arbeid.
I jordbruksoppgjeret blei maksimalt tilskott per føretak auka frå 96 580 kroner til 126 580 kroner per føretak. Satsane per dyr auka med 5 pst. Dette gir ei auka løyving på 232,9 mill. kroner, mens prognosane gir ei innsparing på 13,4 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 1 554,9 mill. kroner.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Brukarar kan få tilskott når dei på grunn av sjukdom, fødsel eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Grunnlaget for tilskottet blir fastsett ut frå satsar per dyr, bifolk, dekar planteproduksjon på friland og kvadratmeter veksthusareal som blir nytta til planteproduksjon. Ut frå dette blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskott per føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal sats per dag per bruk.
I jordbruksoppgjeret blei maksimalt tilskott per dag auka med 350 kroner til 2 450 kroner. Det gir ei auka løyving på 20,6 mill. kroner. Ordninga blei òg utvida for foreldre med sjuke barn tilsvarande 6 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten i 2024 på 188,7 mill. kroner.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga
Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til NAV for å finansiere differansen i sjukepengar for jordbrukarar frå 80 pst. av sjukepengegrunnlaget, som andre sjølvstendige næringsdrivande får, til 100 pst. ved sjukdom ut over 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå utbetalingane frå NAV og midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Det er prognosert ein auke i forbruket over ordninga i 2024 med 1,2 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 38,1 mill. kroner.
Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga skal nå eit omfang på 240 årsverk. I jordbruksoppgjeret blei maksimal støtte per årsverk auka med 10 500 kroner per årsverk til 305 000 kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 73,3 mill. kroner.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordninga
Formålet med ordninga er å bidra til eit enklare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Dei som får tidlegpensjon, kan òg få avtalefesta pensjon og arbeidsavklaringspengar, uførepensjon og etterlatenpensjon frå NAV. I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i denne ordninga, og løyving på underposten er sett til 60 mill. kroner.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
85 | Marknadsordninga for korn | 50 | 50 | |
Sum kap. 4150 | 50 | 50 |
Post 85 Marknadsordninga for korn
Det var ikkje inntekter på posten i 2022. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 50 000 kroner på posten i 2024.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
51 | Tilskott til Reindriftens utviklingsfond | 90 006 | 59 700 | 65 750 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 7 250 | 7 300 | 8 100 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 91 407 | 108 700 | 121 850 |
79 | Velferdsordningar, kan overførast | 3 335 | 4 300 | 4 300 |
Sum kap. 1151 | 191 998 | 180 000 | 200 000 |
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
På same måte som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150, er det behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75, og velferdsordningar under post 79, er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla i Totalrekneskapen for reindriftsnæringa frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa er supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå Landbruksdirektoratet som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Det meste av dei administrative kostnadene til forvaltning av ordningane blir dekte innanfor løyvingane til Landbruksdirektoratet over kap. 1142. For å kunne ha naudsynt fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å dekkje kostnader til utviklings- og utgreiingsoppgåver og større evalueringar over kap. 1151.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Norge. På desse områda har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Norge. Vidare forvaltar styret for Reindriftens utviklingsfond ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskott, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.
Reindriftsavtalen
Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftslova det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til kvar tid står overfor.
Nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken finst under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak og i del III.
Reindriftslova skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Den viktigaste føresetnaden for å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft er at reintalet er i samsvar med beitegrunnlaget, at areala reindrifta kan nytte til auka produksjon og lønsemd blir tekne vare på, og at tapet av rein blir redusert.
For reindriftsutøvarane som sjølvstendig næringsdrivande er det mange forhold, òg utanom reindriftsavtalen, som påverkar inntektene og den naudsynte tilpassinga det enkelte året. Årleg kalvetilgang, samla tap og slaktevekter varierer markant mellom reinbeiteområda i Noreg. Dette er skilnader som har gjort seg gjeldande over tid, og dei kjem mellom anna av variasjon i rovdyrbestanden og ulike føresetnader for drift mellom områda. Utviklinga i årleg kalvetilgang, tap og slaktevekter er viktige indikatorar for å vurdere økologisk og økonomisk berekraft i reindriftsnæringa. Tilsvarande vil talet på personar i næringa verke inn på kor mange som kan ha reindrift som hovudverksemd.
Tal frå Totalrekneskapen for reindriftsnæringa viser ein auke i resultatmåla frå 2020 til 2021. Samla sett aukar vederlag for arbeid og eigenkapital frå 115,4 mill. kroner til 192,1 mill. kroner. Vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk auka frå 124 054 kroner i 2020 til 202 344 kroner i 2021. Målt per siidaandel er vederlag til arbeid og eigenkapital auka frå 207 001 kroner i 2020 til 341 807 kroner i 2021. Sum produksjonsbaserte inntekter auka frå 154,2 mill. kroner i 2020 til 205,7 mill. kroner i 2020. Kjøttinntektene auka med 51,6 mill. kroner, mens den samla livdyrverdien blei redusert med 3,9 mill. kroner. Utbetaling av tilskott blei redusert frå 130,9 mill. kroner i 2020 til 108,1 mill. kroner i 2021. Reduksjonen er i hovudsak eit resultat av at det i 2020 var store ekstraordinære utbetalingar av tilskott grunna beitekrisa. Kostnadene til siidaandelane blei reduserte frå 184,9 mill. kroner i 2020 til 176,3 mill. kroner i 2021, og reinbeitedistrikta sine felleskostnader blei reduserte frå 66,0 mill. kroner i 2020 til 37,1 mill. kroner i 2021.
Den 15. februar 2023 blei staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) samde om Reindriftsavtalen 2023/2024. Avtalen har ei ramme på 200 mill. kroner. Dette er ein auke på 20 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen 2022/2023. Reindriftsavtalen 2023/2024 fører vidare både prioriteringa av dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd og hovudlinene i tilskottssystemet. Det gir stabilitet for næringsutøvarane. Siidaandelar som ikkje følgjer opp vedtak om reduksjon av reintalet, har ikkje rett til tilskott over avtalen.
Reindriftsavtalen 2023/2024 er den andre reindriftsavtalen regjeringa Støre inngår med NRL. Semje i avtaleforhandlingane er viktig for å støtte opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og NRL.
Proposisjonen om reindriftsavtalen 2023/2024 blei handsama av Stortinget 12. juni 2023, jf. Prop. 108 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2023/2024) og Innst. 485 S (2022–2023). Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2024 i samsvar med dette.
Post 51 Tilskott til Reindriftens utviklingsfond
Formål med løyvinga
Reindriftens utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla.
Rapportering 2022
I 2022 blei det utbetalt 90,0 mill. kroner over posten. Tildelinga over reindriftsavtalen var på 59,7 mill. kroner. I tillegg fatta Stortinget våren 2022 vedtak om ei ekstraordinær løyving på 30 mill. kroner grunna beitekrisa vinteren og våren 2022. Løyvinga la til rette for at reineigarane kunne setje i verk tiltak for å sikre dyrevelferd og framtidig produksjon. Det blei utbetalt 47,6 mill. kroner frå beredskapsfondet i 2022.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 65,7 mill. kroner.
Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med:
1,5 mill. kroner til konfliktforebyggjande tiltak
8,2 mill. kroner til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping
4,0 mill. kroner til fagbrevordninga
5,0 mill. kroner til ulike tiltak for marknadsføring
5,5 mill. kroner til pramming av rein
3,0 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester
0,5 mill. kroner til klassifiseringssystemet for reinkjøtt
10,0 mill. kroner til beredskapsfond
0,7 mill. kroner til kostnader beredskapsutval
2,5 mill. kroner til frakttilskott
0,3 mill. kroner til rapportering av slakta rein
3,0 mill. kroner til HMS i reindrifta
4,1 mill. kroner til tilskott til utgifter ved fôring og flytting som følgje av manglande konvensjon om reinbeite mellom Noreg og Sverige
0,5 mill. kroner til vidareutvikling av reindrifta sitt arealbrukskart
2,0 mill. kroner til eit pilotprosjekt for ei helseteneste for rein
3,0 mill. kroner til eit pilotprosjekt for ei rådgivingsteneste i arealsaker
0,4 mill. kroner til arbeidsgruppe klimatilpassing
0,35 mill. kroner til evaluering av pilotprosjektet for ei rådgivingsteneste i arealsaker
I tillegg er det sett av 11,2 mill. kroner som styret for Reindriftens utviklingsfond disponerer i samsvar med forskrift om Reindriftens utviklingsfond.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Formål med løyvinga
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor, krev aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet skal medverke til at Norske Reindriftsamers Landsforbund kan delta aktivt i prosessar som er viktige for reindrifta, og for ei utvikling av reindrifta i samsvar med dei til kvar tid vedtekne politiske mål og retningsliner i reindriftspolitikken.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 utbetalt 7,2 mill. kroner til Norske Reindriftsamers Landsforbund
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,1 mill. kroner.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
Formål med løyvinga
Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa.
Kostnadssenkande og direkte tilskott er sett saman av fleire ulike ordningar. Ordningane er regulerte i forskrift om tilskott til siidaandelar og reinlag, og i forskrift om tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 utbetalt 91,4 mill. kroner over posten.
Tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag
Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta større ansvar for ei berekraftig utvikling av næringa. Det inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikre areala til reindrifta, få betre lønsemd, leggje til rette for beredskap, arbeide med helse, miljø og tryggleik, og dessutan gi høve til ferie og avløysing ved sjukdom utover ordningane i Folketrygda. I 2022 blei det utbetalt 24,9 mill. kroner i distriktstilskott.
Produksjonspremie
Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Grunnlaget for berekning er inntekt frå avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. For reinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Produksjonspremien skal utbetalast til leiar av siidaandelen. I 2022 var satsen for produksjonspremien 39 pst. I 2022 blei det utbetalt 39,0 mill. kroner i produksjonspremie.
Kalveslaktetilskott
Formålet med kalveslaktetilskottet er å stimulere til at ein større del av kjøttproduksjonen er basert på kalv, noko som er ressursøkonomisk gunstig. Uttak av kalv dempar presset på vinterbeita og reduserer tapa i løpet av vinteren. Eit større uttak av kalv medverkar òg til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr. Det blei utbetalt 21,7 mill. kroner i kalveslaktetilskott i 2022.
Særskild driftstilskott til ungdom
Tilskottet skal støtte opp om leiarar av siidaandelar som er under 30 år, og som er i ei etableringsfase der dei byggjer opp eiga drift. I 2022 blei det utbetalt 2,1 mill. kroner i særskild driftstilskott til ungdom.
Ektefelle- og sambuartillegg
Formålet med ektefelle- og sambuartillegget er å støtte opp om den familiebaserte reindrifta og leggje til rette for at begge ektefeller/sambuarar kan delta i drifta på like vilkår. Tilskottet kan gis til siidaandelar der begge står som leiar av siidaandelen. I 2022 blei det utbetalt 0,2 mill. kroner i ektefelle- og sambuartillegg.
Tilskott til etablering
Tilskott til etablering skal støtte opp om reindriftsutøvarar under 35 år som har fått overdrege eller fått oppretta eigen siidaandel. Det blei utbetalt 2,8 mill. kroner til tilskott til etablering i 2022.
Særskild driftstilskott til kvinner
Formålet med særskild driftstilskott til kvinner er å støtte opp om kvinner som står aleine som leiar for ein siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. Det blei utbetalt 0,6 mill. kroner i 2022.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 121,8 mill. kroner.
Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med:
32,85 mill. kroner til tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag
48,9 mill. kroner til produksjonspremie
30,8 mill. kroner til kalveslaktetilskott
2,2 mill. kroner til særskild driftstilskott til ungdom
0,9 mill. kroner til ektefelle- og sambuartilskott
5,2 mill. kroner til etableringstilskott
1,0 mill. kroner til særskild driftstilskott til kvinner
Post 79 Velferdsordningar, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å sikre gode velferdsordningar for reindriftsnæringa. Posten omfattar innbetaling av medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga. Posten omfattar òg tidlegpensjon og ei ordning for tilskott til leigd hjelp ved svangerskap, fødsel, adopsjon og dødsfall.
Sjølvstendig næringsdrivande får sjukepengar som svarar til 80 pst. av inntektsgrunnlaget. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen gjer det mogleg for reindriftsutøvarar å få sjukepengar som svarar til 100 pst. av inntektsgrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget.
Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 utbetalt 3,3 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Av dette blei 1,9 mill. kroner utbetalt til tidlegpensjon for reineigarar, 0,9 mill. kroner til tilskott til leigd hjelp og 0,5 mill. kroner til sjukepengeordninga.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,3 mill. kroner.
Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med:
2,5 mill. kroner til tidlegpensjon
1,3 mill. kroner til tilskott til leigd hjelp
0,5 mill. kroner til andre velferdsordningar (sjukepengar)
Kap. 1152 Bionova
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
70 | Tilskott til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket | 87 540 | 171 184 | |
Sum kap. 1152 | 87 540 | 171 184 |
Post 70 Tilskott til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket
Formål med løyvinga
Regjeringa har følgt opp Hurdalsplattforma sine ambisjonar og oppretta Bionova i 2023 som ei eining under Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noregs klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal òg bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land. Bionova skal ha to delmål;
Reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå, og
Auka verdiskaping gjennom ein meir ressurseffektiv og sirkulær bioøkonomi.
Formålet med løyvinga over budsjettposten er drift av Bionova, og aktivitet innanfor Bionova sitt virkeområde.
Bionova si portefølje omfatta ved oppstart i 2023 Bioøkonomiordninga og Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Det er sett i gang ei evaluering av ordningane i regi av Oxford Research. Evalueringa skal både vurdere resultat og måloppnåing for eksisterande ordningar, i tillegg til å komme med vurderingar til eventuelle endringar i ordningane sett opp mot Bionova sitt formål. Det er under etablering eit rådgivande porteføljestyre for Bionova. Mellom anna næringsorganisasjonane innan jordbruk, skogbruk og fiskerisektoren vil bli representerte, i tillegg til enkeltaktørar innan bioøkonomien og aktørar med miljø- og klimafagleg kompetanse. Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet deltek som observatørar.
Rapportering 2022
Bionova blei oppretta i 2023. Det er difor ingen aktivitet å rapportere på for 2022.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 171,2 mill. kroner.
Løyvinga skal i 2024 nyttast til drift av Bionova og aktivitet innanfor Bionova si portefølje. Auken i løyving må mellom anna sjåast i samanheng med auka avgifter for veksthusnæringa og behov for å legge til rette for omstillingstiltak òg i denne næringa. Det er òg behov for virkemidlar både innan omlegging til fornybar energi i jordbruket og verkemiddel som skal byggje opp under verdikjeder for mellom anna fôr, gjødsel og gjenbruk og smarte løysingar for ein effektiv matproduksjon.
For å ta omsyn til ansvar for allereie innvilga men ikkje utbetalte tilsegn over Bioøkonomiordninga, er det knytt ei tilsegnsfullmakt til posten på 302 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
I tillegg til løyvinga på 171,2 mill. kroner til Bionova over dette budsjettkapittelet, vil løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling over kap. 1150, post 50 på 222 mill. kroner inngå i det samla budsjettet for Bionova. Samla løyving som Bionova forvaltar blir med det 393,2 mill. kroner for 2024.
Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
70 | Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver | 13 968 | 14 946 | 15 831 |
75 | Tilskott til oppsyn i statsallmenningar | 9 980 | 16 964 | 17 969 |
Sum kap. 1161 | 23 948 | 31 910 | 33 800 |
Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje dei kostnadene Statskog SF har med delegerte styresmaktoppgåver og sektorpolitiske oppgåver, slik dei går fram av ein avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet.
Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningane, og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til bruksrettshavarar. I tillegg skal tilskottet dekkje administrasjon av skogsdrifter, der virke blir selt til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og statsallmenningslova. Kostnadene Statskog SF har med forvaltninga av tilskottet til oppsyn, jf. post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar, blir òg dekte over denne posten.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene, har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarane av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat, Fjelltenesta, som driv naturoppsyn og tilrettelegging på statsgrunn utanom statsallmenningane. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevare biologisk mangfald. Fjelltenesta sel òg tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom andre Statens naturoppsyn (SNO). Fjelltenesta har stor kunnskap om lokale forhold og tek òg del i redningsaksjonar etter oppmoding frå politiet. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med SNO, og gjennom denne avtalen har Statskog SF Fjelltenesta årleg eit større sal av tenester til SNO i Troms og Nordland.
Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest kan drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebryggjer. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmaktene, fjellstyra, friluftsråd og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 14,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Bruken av midlane er fordelt mellom oppgåver på statsallmenningsgrunn, oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenningar og ulike tiltak som gjeld all statsgrunn.
Oppgåver på statsallmenningsgrunn
Rekneskapen for oppgåvene på statsallmenningsgrunn viser at det blei brukt om lag 2,4 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane. Det blei utvist om lag 5 400 kubikkmeter tømmer og ved til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda i statsallmenningar med virkesrett. Høge prisar på skurlast førte truleg til at utvising av tømmer auka i 2021 og 2022 i forhold til 2020. Vidare blei det avverka 2 492 kubikkmeter i statsallmenningar med virkesrett utan fond, slik at den samla avverkinga i statsallmenningane med virkesrett i 2022 var på 7200 kubikkmeter. Det blei utført skogkultur i statsallmenningane for 183 000 kroner i 2022. Skogkulturaktiviteten var mykje høgare i 2022 enn i perioden 2019–2021. Det blei planta på om lag 158 dekar og utført ungskogpleie på om lag 141 dekar. Statskog SF har utarbeidd skogbruksplanar for 58 av dei i alt 77 statsallmenningane med virkesrett. Det er utført miljøregistreringar i dei fleste statsallmenningane.
Oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenning
Statskog SF Fjelltenesta har, med midlar frå denne budsjettposten, oppgåver knytte til oppsyn, nærvær og brukarkontakt utanom statsallmenning. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala, og skal mellom anna avdekkje og førebyggje ulovleg aktivitet, bidra til sikker ferdsel i fjellet og informere om lovleg og fornuftig åtferd.
Rekneskapen viser at det blei brukt 5,7 mill. kroner til oppsyn utanom statsallmenningane i 2022. Det blei levert 4 907 timer til oppsyn og brukarkontakt i Nordland og Troms. Dette er noko høgare enn føregåande år, og skuldast i stor grad større aktivitet og at oppsynet var til stades på statsgrunn utover hausten, med oppsyn på barmark. Talet på personar som blei kontrollerte i samband med mellom anna motorferdsel i utmarka gjekk noko ned i 2022 i høve til 2021. Betre registringar viser samtidig at oppsynet var i kontakt med og informerte over 1 000 brukarar av utmarka i 2022.
I 2022 var det tre tilfelle der Fjelltenesta på oppmoding frå politiet deltok i større eller mindre aksjonar der folk var sakna i fjellet.
Fjelltenesta sel tenester til Statens naturoppsyn (SNO).
Ulike friluftslivstiltak på all statsgrunn
Statskog SF skal leggje til rette for bruk av naturen. Det blei brukt om lag 5 mill. kroner på arbeidet med tilrettelegging for friluftsliv i 2022. Oppgåvene er nedfelte i ein eigen handlingsplan for friluftsliv. Midlane er i hovudsak brukte til kontroll, drift og vedlikehald av opne buer, bruer, andre tilrettelagte anlegg og informasjon.
Vedlikehaldsutfordringane knytte til tilretteleggingstiltaka for friluftslivet aukar i takt med klimautfordringane og våtare og villare vêr. Sikker ferdsel har hatt høg prioritet, og Statskog Fjelltenesta utførte viktig vedlikehald på fleire gangbruer over vassdrag. Som tidlegare er ferdsel registrert på utvalde stader for å sjå om bruken endrar seg over tid og som resultat av utførte tiltak. Arbeidet med brannsikring av dei opne husværa held fram. Talet på universelt tilrettelagte lokalitetar har over tid auka gradvis.
Statskog SF heldt i 2022 fram samarbeidet med Den Norske Turistforening og Friluftsrådenes Landsforbund om å utvikle nettstaden UT.no som ein felles, nasjonal turplanleggjar. Statistikken syner at det var 6,4 mill. brukareiningar inne på portalen i 2022.
Statskog SF Fjelltenesta har stadig ei viktig rolle innanfor tilrettelegging for friluftslivet, og utfører oppdrag for fleire instansar. Fleire turistforeiningar og turlag har drege nytte av Statskog SF sin assistanse, når det ligg til rette for å kombinere driftsoppgåver med mellom anna å sjå innom hytter og bruer langs løypenettet.
Andre oppgåver
Etter at Riksantikvaren i 2017 vedtok å frede 20 lokalitetar med kulturhistoriske eigedommar i Statskog SFs eige, er det gjennomført synfaring og registrering av bygningar i regionane Troms, Helgeland, Midt-Noreg og Sør-Noreg. Arbeidet gir grunnlag for forvaltningsplanar der vedlikehaldsarbeid og særskilde rehabiliteringstiltak inngår. Ein eigen mal for praktisk orienterte forvaltningsplanar for freda anlegg er teken i bruk. Malen blir òg brukt på dei andre anlegga i Statskog SFs landsverneplan, der Statskog SF sjølv skal ta vare på verneverdiane på liknande vis som dei som er formelt freda. I samband med utarbeiding av forvaltningsplanar, er det avklart at ein del anlegg krev langt meir omfattande reparasjonar for å vareta forvaltaransvaret enn det som ligg inne i ordinære budsjett for drift og vedlikehald.
Det aller meste av Statskog SFs areal i Trøndelag og Nord-Noreg ligg innanfor det samiske reinbeiteområdet. Statskog SF legg vekt på god dialog og godt samarbeid med næringa. I 2022 var det vanskelege driftsforhold for reindrifta fleire stader. Statskog SF har hatt tettare kontakt med reindrifta enn normalt, mellom anna for å samordne informasjon ut til allmennheita og for å avklare moglege avbøtande tiltak. Arbeidet med vidare kartlegging av reindrifta sine anlegg på statsgrunn heldt fram.
Statskog SF deltek i Norge digitalt for å sikre tilgang til kartdata som trengst for å kunne utføre oppgåvene sine.
Grunneigarfondet
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av eit fond for grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane. Halvparten av inntektene frå festekontrakter som gjeld hytter og hotell går til det aktuelle fjellstyret. I tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til å dekkje utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til støtte til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Norges Fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Bruk av fondet til slike tiltak skal gjerast i samråd med Norges Fjellstyresamband.
Inntektene i Grunneigarfondet var i 2022 på 38,6 mill. kroner, mot 39,1 mill. kroner i 2021. Nedgangen heng saman med at inntektene frå eigedomsutvikling gjekk meir ned enn auken ein fekk i inntekter frå feste- og fallrettar.
Kostnadene i 2022 var på 30,9 mill. kroner. Tilskottet til Norges Fjellstyresamband var på 3,75 mill. kroner i 2022, og det blei gitt 7,2 mill. kroner i tilskott til tiltak i statsallmenningane. Resultatet for 2022 blei eit underskott på 2,5 mill. kroner. Behaldninga i Grunneigarfondet var 31. desember 2022 på 31,4 mill. kroner. Det tilsvarande talet i 2021 var 30,8 mill. kroner.
Økonomien i Grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SFs oppgåver i statsallmenningane og for moglegheita til å bruke midlar til tiltak i statsallmenningane. Fondet er på eit nivå som gjer det mogleg å nytte meir av midlane til tiltak enn tidlegare.
Allmenningsfond
Allmenningsfond i statsallmenningar med virkesrett blir forvalta av Statskog SF og det enkelte allmenningsstyret i fellesskap. Allmenningsfond er delt i tre delar: éin del som skal dekkje investeringar i skogen i allmenningen og dekkje virkesretten der han blir utøvd ved fellesdrift, éin del som er skogfond etter skogbrukslova, og éin del som er erstatningar for vern. Allmenningsfonda var 31. desember 2022 på 153,9 mill. kroner. Av det utgjer erstatning for vern av skog 115,5 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,8 mill. kroner til myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn.
Oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei som har bruksrett, utarbeiding av skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar og anna. Også i 2024 skal Statskog SF prioritere takseringar og miljøregistreringar av skogen i statsallmenningane.
Statskog SF Fjelltenesta skal halde fram med å føre tilsyn på statsgrunn utanom statsallmenning gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt. Prioriterte oppgåver er førebyggjande arbeid gjennom informasjon og rettleiing om regelverket, og trygg og sikker ferdsel i fjellet. Fjelltenesta skal yte bistand og delta på redningsaksjonar på førespurnad frå politiet.
Statskog SF skal i 2024 halde fram med å leggje til rette for bruk av og tilgang til areala for allmenta. Vedlikehald av eksisterande anlegg og trygg ferdsel for dei som ferdast i statens utmark skal ha høg prioritet. Det er behov for tilsyn, vedlikehald og drift av opne husvære for allmenta. Mange av desse husværa blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturberarar som bør haldast i stand så langt det er mogleg. Statskog SF skal halde fram samarbeidet med andre aktørar for å rette merksemd mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på annan statsgrunn. I den samanheng skal det rettast merksemd mot moglege samarbeidsprosjekt og tilretteleggingstiltak inn mot Friluftslivets år 2025, der organisasjonen Norsk Friluftsliv har ei hovudrolle.
Arbeidet med kartlegging og statusgjennomgang av reindriftsanlegg på statsgrunn vil halde fram.
Statskog SF skal i 2024 halde fram arbeidet med forvaltningsplanar og tiltak i tråd med desse for verna bygningar i føretaket sitt eige.
Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til refusjon av kostnader ved oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Etter § 36 i fjellova kan fjellstyra tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn mottek løn av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene over denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å sikre samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særleg ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har som formål å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Fjelloppsynet skal følgje opp føresegner gitt i eller i medhald av fjellova, og vere sakshandsamar for fjellstyra. Dette omfattar tilsyn med utøvinga av bruksrettane og jakt og fiske. Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningane på vegner av staten som grunneigar etter nærare prioriteringar gitt av Statskog SF. Fjelloppsynet skal òg føre kontroll med at lovene som er nemnde i naturoppsynslova § 2, blir følgde. Fjelloppsynet skal i slike tilfelle følgje instruks frå Statens naturoppsyn (SNO). Fjelloppsynet sel tenester til SNO, og kostnader med desse tenestene blir dekte av SNO, og ikkje frå løyvinga på denne posten. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.
Rapportering 2022
Det blei i 2022 nytta 10,0 mill. kroner i tråd med formålet med løyvinga. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av budsjett, rekneskap og rapportering frå fjellstyra, etter ein nøkkel som mellom anna kjem samarbeidsordningar og små fjellstyre til gode. 63 av 93 fjellstyre fekk tilskott i 2022. Fjelloppsynet hadde 64 årsverk i 2022. Av dei er 47 årsverk brukte til oppgåver som gir rett til tilskott.
Om lag 44 pst. av tilskottet er brukt på arbeid i felt knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. Delen brukt til oppsyn er gått noko ned frå 2021.Talet på kontrollar var om lag 6 000 i 2022. Det er rapportert om 84 ulovlege forhold. Dette er lågare enn i 2021, og samtidig lågare enn det nivået var tidleg på 2000-talet.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 18,0 mill. kroner. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Løyvinga skal leggje til rette for eit profesjonelt oppsyn, god kontakt med brukarane og at det er aktivitet i statsallmenningane. Oppsyn i statsallmenningar skjer gjennom både fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO fører. Den lokale forankringa og kunnskapen fjelloppsynet har, er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er naudsynt med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
70 | Forskingsavgift på landbruksprodukt | 207 233 | 190 000 | 225 000 |
72 | Jeger- og fellingsavgifter | 92 000 | 93 000 | 96 000 |
Sum kap. 5576 | 299 233 | 283 000 | 321 000 |
Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Formålet er å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Inntektsposten har ein motsvarande utgiftspost under kap. 1137, post 54.
Rapportering 2022
Inntektene i 2022 blei 207,2 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 225,0 mill. kroner i 2024.
Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.
Post 72 Jeger- og fellingsavgifter
Formål med løyvinga
Jeger- og fellingsavgiftene som blir betalte inn til Viltfondet, blir inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Posten dekkjer utgifter under kap. 1140. I tillegg dekkjer posten nokre av utgiftene til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01, og nasjonal jaktstatistikk i SSB over kap. 1620, post 01.
Rapportering 2022
Inntektene blei 92,0 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2024
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 96,0 mill. kroner. Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til Viltfondet i 2023 og 2024, jf. omtale av fondet nedanfor.
Mål
§ 40 i viltlova fastset at
«den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastset», og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget retningslinene for bruken av midlane i Viltfondet. Av retningslinene går det mellom anna fram:
«Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.»
Det er ein føresetnad for den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde ovanfor, at om lag halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta, og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein, skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt; vilt som døyr av andre årsaker enn ordinær jakt.
Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning der midlar frå innbetalte avgifter frå året før blir ført tilbake til det enkelte villreinområdet.
Jeger- og fellingsavgiftene blei sist endra i 2023. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabell 4.12.
Oversikta i tabell 4.12 viser òg inntektene for kommunane i 2024, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 4.12 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter, 2024 (i kroner)
Type avgift | Storleiken på avgifta i 2024 | Estimert tal på innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt | 390 | 195 000 | 76 050 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt | 110 | 126 000 | 13 860 000 | Viltfondet |
Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk1 | 240 | 11 000 | 2 640 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein | 340 | 3 500 | 1 190 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv | 200 | 1 500 | 300 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter | 94 040 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg | 620 | 20 000 | 12 400 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv | 370 | 9 500 | 3 515 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort | 480 | 35 000 | 16 800 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv | 290 | 14 500 | 4 205 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter | 36 920 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing skjer etterskottsvis i 2024 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2022/2023.
For 2024 er det budsjettert med eit kapitaluttak for å få kapitalen til eit formålstenleg nivå. Kapitaluttaket og inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 4.13.
Tabell 4.13 Berekning av kapital i Viltfondet, 2024 (i 1 000 kroner)
Saldo 31.12.22 | 4 566 | |
+ | Budsjettert innbetalt i 20231 | 94 340 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2023 (utbetalingar frå fondet) | 93 000 |
= | Budsjettert saldo 31.12.23 | 5 906 |
+ | Budsjettert innbetalt i 20242 | 94 340 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2024 (utbetalingar frå fondet) | 96 000 |
= | Budsjettert saldo 31.12.24 | 4 246 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner og fallviltinntekter på 0,2 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner og fallviltinntekter på 0,2 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Miljødirektoratet forvaltar Viltfondet på vegner av Landbruks- og matdepartementet, og er ansvarleg for administrasjon og føring av rekneskapen for fondet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet det same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Inntektene over kap. 5576, post 72, finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1140, post 01, 21 og 71. Inntektene finansierer òg utgifter til forvaltning av fondet, forvaltning av fondsmidlane og tilskottsforvaltning i Miljødirektoratet over kap. 1420, post 01, og nasjonal jaktstatistikk i SSB over kap. 1620, post 01. Planlagd bruk av inntektene går fram av tabell 4.14.
Tabell 4.14 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2024 (i 1 000 kroner)
Formål | |||
---|---|---|---|
Drift av villreinnemndene, drift av Jegerregisteret og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap. 1140, post 01) | 13 129 | ||
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 1 591 | |
+ | Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.m. (kap. 1140, post 21) | 32 683 | |
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 2 852 | |
+ | Hjortevilttiltak, særskilde villreintiltak, lokale vilttiltak, viltovervaking (kap. 1140, post 71) | 39 778 | |
+ | Forvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420, post 01) | 3 267 | |
+ | Midlar til nasjonale statistikkoppgåver i SSB som er førte under Finansdepartementet (kap. 1620, post 01) | 2 700 | |
= | Totalsum | 96 000 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Det er kommunane som har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt. Det er òg nasjonale oppgåver innanfor desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom eit tillegg til jegeravgifta for hjorteviltjegerar. På denne måten medverkar hjorteviltjegerane til finansieringa av naudsynte nasjonale oppgåver.
Det er behov for at Miljødirektoratet gjennomfører sentrale analysar av individ som blir funne som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartane. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er difor budsjetterte under kap. 1140, post 21, Spesielle driftsutgifter. For dei artane der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Utgifter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
1162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 2 624 900 | 0,0 | ||
Sum kategori 15.40 | 2 624 900 | 0,0 |
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Betegnelse | Regnskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eierskap | 10 000 | 100,0 | ||
5652 | Statskog SF – renter og utbytte | 20 000 | 34 400 | 72,0 | |
Sum kategori 15.40 | 20 000 | 44 400 | 122,0 |
Landbruks- og matdepartementet forvaltar statens eigarinteresser i statsføretaket Statskog SF, og i aksjeselskapa Graminor AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. Selskapa er omtalte i Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap — Statens direkte eierskap i selskaper, og er der plasserte i kategori 2; selskap med mål om berekraftig og mest mogleg effektiv oppnåing av sektorpolitiske mål.
Det er berre for Statskog SF det blir budsjettert med utbytte for 2023, jf. kap. 5652 Statskog SF – utbytte.
Statskog SF
Mål- og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 26 mill. dekar) statsallmenning, der eigedommar med allmenningsrett har rett til å få vist ut tømmer og ved, beite og seter.
Statskog SF er ein desentralisert organisasjon. Hovudkontoret ligg i Namsos, men føretaket har 18 kontor rundt om i landet. Lokal kunnskap er viktig i forvaltninga av ressursane, og føretaket legg vekt på å vere til stades på areala dei eig. Statskog SF etablerer no kontor på Røros, og har utvida sitt feltapparat, Fjelltenesta, til òg å dekkje område i Sør- og Midt-Noreg. Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette, og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Statskog SF hadde i 2022 eit resultat etter skatt på 137 mill. kroner, om lag 100 mill. kroner høgare enn i 2021. Hovudårsaka til resultatauken er dei høge straumprisane som har gitt sterk vekst i inntekter frå føretaket si energiverksemd.
Skogbruk er normalt det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF og utgjorde 26 pst. av bruttoinntektene i 2022. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk. I 2022 var den samla hogsten på 238 000 kubikkmeter tømmer. Dette er om lag same nivå som i 2021. Statskog SF ventar at avverkinga framover vil liggje lågt i ein periode på grunn av mindre tilgjengeleg hogstmoden skog, før avverkinga igjen kan auke på lengre sikt.
Grunngivinga for statens eigarskap i føretaket er å ha kontroll over viktige skog- og utmarksareal i tillegg til å sikre berekraftig forvaltning av statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, medrekna å leggje til rette for allmenta sitt behov for jakt-, fiske- og friluftstilbod med vidare. Statens mål som eigar er berekraftig forvaltning av areala, gjennom effektiv drift og tilfredsstillande resultat over tid.
Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Departementet si styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte når det trengst.
Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. Det er regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF om mellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgåtte på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
Statskog SF sitt kjøp av AS Meraker Brug
Statskog SF kjøpte i 2022 100 pst. av aksjane i AS Meraker Brug til ein pris på 2,65 mrd. kroner. Kjøpet blei finansiert gjennom eit kapitalinnskott på 2,35 mrd. kroner og eit statleg lån på 300 mill. kroner, jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF) og Innst. 47 S (2022–2023).
AS Meraker Brug var inntil kjøpet ein av dei største private eigendomane i Noreg. Selskapets areal omfattar 1,2 mill. dekar, inkludert 229 000 dekar produktivt skogareal, i Meråker, Stjørdal, Malvik og Steinkjer. Selskapet si kjerneverksemd er skogbruk, jakt og fiske og eigedomsutvikling.
Statskog SFs grunngiving for kjøpet av AS Meraker Brug var at dette ville underbyggje Statskog SFs vedtektsfesta formål og overordna strategiar, styrkje føretaket forretningsmessig og betre allmenta sin tilgang til jakt og fiske.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformeiring av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2022 ein omsetnad på 79,4 mill. kroner og eit negativt resultat etter skatt på 0,3 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2022.
Graminor AS har utarbeidd ein ny strategi for verksemda som blei vedteken i 2020, og som er lagd til grunn for drifta av selskapet. I strategien er verksemda presentert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegner av staten. I strategien til verksemda er det lagd til grunn ein langsiktig utbytepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2024.
Grunngivinga for statens eigarskap er å ha ein aktør som driv planteforedling tilpassa norsk og nordisk klima. Statens mål som eigar er mest mogleg kostnadseffektiv utvikling, produksjon og sal av plantemateriale til jord- og hagebruksnæringa, tilpassa norske og nordiske vekstforhold.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og nasjonalt referanselaboratorium for såvareanalysar. Selskapet har bygt opp kompetansen sin gjennom over 130 år og blei i 2004 omdanna til aksjeselskap. Staten eig 51 pst. av aksjane, Felleskjøpet Agri SA eig 34 pst. og Strand Unikorn AS eig 15 pst. Grunngivinga for statens eigarskap er å ha ein norsk aktør innanfor frøkvalitet og frøanalysar. Statens mål som eigar er mest mogleg ressurseffektiv såvareanalyse av frø og såkorn i Noreg.
Kimen hadde i 2022 ein omsetnad på 15,0 mill. kroner og eit negativt resultat på 0,9 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2022, og det blir ikkje budsjettert med ordinært utbytte for 2024.
Styret for Kimen utarbeidde ein ny strategi for selskapet i 2020 med ein plan for berekraftig verdiskaping. Hovudstrategien er å vere eit nasjonalt kompetansesenter innan såvarekvalitet og såvareanalysar. Kimen skal levere kostnadseffektive produkt og tenester til såvarebransjen, forvaltninga og andre aktørar i marknaden. Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere naudsynt dei kommande åra.
Kap. 1162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
90 | Lån til Statskog SF | 300 000 | ||
95 | Innskott til eigenkapital i Statskog SF | 2 324 900 | ||
Sum kap. 1162 | 2 624 900 |
Post 90 Lån til Statskog SF
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug.
Rapportering 2022
I samband med Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug til ein pris på 2,65 mrd. kroner, jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF), løyvde Stortinget 300 mill. kroner til eit statleg lån til Statskog SF.
Post 95 Innskott til eigenkapital i Statskog SF
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug.
Rapportering 2022
I samband med Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug til ein pris på 2,65 mrd. kroner, jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF), løyvde Stortinget 2 324 900 000 kroner til innskottskapital i Statskog SF.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
90 | Avdrag på lån | 10 000 | ||
Sum | 10 000 |
Post 90 Avdrag på lån
I samband med Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug til ein pris på 2,65 mrd. kroner, jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF), løyvde Stortinget 300 mill. kroner til eit statleg lån til Statskog SF. Det er gjort greie for vilkåra for lånet i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023. Lånet blei betalt ut i november 2022, og skal betalast ned innan november 2037, med eit minimumsavdrag på 10 mill. kroner. For 2024 blir det budsjettert med eit avdrag på 10 mill. kroner. Statskog SF står fritt til å betale større avdrag.
Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
80 | Renter | 11 400 | ||
85 | Utbytte | 20 000 | 23 000 | |
Sum kap. 5652 | 20 000 | 34 400 |
Vedrørande 2023: Ved Stortinget sitt vedtak av 16. juni 2023 blei post 85 auka med 82,8 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).
Post 80 Renter
I samband med Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug til ein pris på 2,65 mrd. kroner, jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF), løyvde Stortinget 300 mill. kroner til eit statleg lån til Statskog SF.
Det er gjort greie for vilkåra for lånet i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.
Rente på lånet vil vere om lag 11,4 mill. kroner i 2024. Eksakt beløp vil avhenge av utviklinga i pengemarknadsrenta og storleik på og tidspunkt for innbetaling av avdrag. Avdrag på lånet er omtalt under Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap.
Post 85 Utbytte
Rekneskapen for 2022 viser at det ikkje var inntekt frå utbytte dette året. Bakgrunnen for dette er at i samband med Statskog SF sitt kjøp av AS Meraker Brug og auka kapitalinnskott i føretaket i 2022, blei utbyttet for 2021 sett ned med 25,1 mill. kroner (til 0), jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF).
Utbyttet frå føretaket for 2023 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt.
Departementet gjer framlegg om eit ordinært utbytte for 2023 på 23 mill. kroner. Prognosen for årsresultatet etter skatt for 2023 er på 31,2 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett og betalt ut når årsresultatet for 2023 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte for 2023 blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2024.