Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 800–883, 2530, 2531 Inntektskapittel: 3841, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868, 5706

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Forsking og utvikling

Departementet treng god kjennskap til eigen sektor, til korleis eigne tiltak verkar, og til kva behov sektoren har for kunnskap. Midlane til forsking må nyttast effektivt, det vil seie at departementet må prioritere naudsynte kunnskapsbehov. Til dømes må departementet prioritere forsking som er viktig for å utvikle effektiv og treffsikker politikk. Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider aktivt med god innretting av forskingsmidlane på feltet.

Sektoransvaret til BFD omfattar mellom anna levekåra for barnefamiliar, sårbare familiar, barn og unge, vald og overgrep og barnevernet. Ansvarsområdet til departementet omfattar òg forbrukarpolitikken, lovverk og tilskotsordningar på trus- og livssynsfeltet, gravplassektoren og Opplysningsvesenets fond (Ovf).

Forsking og utvikling skal bidra til at departementet får den naudsynte kunnskapen til å utvikle effektive og treffsikre tiltak og tenester, slik at barn, unge og familiar som har behov for det, kan få den hjelpa dei treng til å leve gode liv. Vi treng òg å vete kva for verknader dei store overføringane til barnefamiliane har, og om ulike tiltak er effektive og gir samfunnsøkonomiske vinstar. BFD har koordineringsansvaret for barnekonvensjonen og arbeider for å sikre at barn sine rettar blir varetekne. Til dette treng vi kunnskap om korleis politikk verkar på barn, og kva for tiltak som trengst for å vareta barna direkte. Kunnskapsgrunnlaget skal òg bidra til å gi barn og unge ein best mogleg start på livet, slik at dei, så langt råd er, får like høve til å utvikle seg og delta i samfunnet.

Innanfor forbrukarsektoren gir kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken. Målet er at forskinga skal gi god informasjon om prioriterte saker og bidra til kunnskap om tema som er forbrukarpolitisk aktuelle. På trus- og livssynsfeltet følgjer ein mellom anna med på verknadene av lovgivinga som tok til å gjelde i 2021, for å sjå om ho verkar i tråd med føremåla.

BFD har utarbeidd ein eigen forskingsstrategi for perioden 2022–2026. Strategien tek utgangspunkt i fleire identifiserte utfordringar: Forskingsmiljøa på BFDs område er små og fragmenterte, datagrunnlaget er relativt sett svakt, og det er for lite internasjonalt forskingssamarbeid. I tillegg er det ikkje nok forsking på tvers av sektorar. Hovudmålet til strategien er at arbeidet til BFD med forsking skal bidra til heilskapleg og langsiktig kunnskapsutvikling for utforminga av politikk, tenester og lovverk.

5.1 Langtidsplanen frå regjeringa og samfunnsoppdraget om barn og unge

Regjeringa la fram ein ny Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 i oktober 2022. Langtidsplanen legg føringar for måla og prioriteringane til regjeringa på forskingsområdet. Målretta samfunnsoppdrag blei lanserte i langtidsplanen som eit nytt verkemiddel for å finne løysingar på definerte samfunnsutfordringar. Eitt av samfunnsoppdraga har som ambisjon å motverke ungt utanforskap, gjennom å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.

Ungt utanforskap er ei stor og kompleks samfunnsutfordring. I dag står for mange barn og unge i Noreg utanfor skule, jobb eller andre sosiale arenaer. Dette har store kostnader, både for den einskilde og for samfunnet. For å møte utfordringa er det naudsynt å sjå nærare på kvifor barn og unge fell utanfor, og om tenester og tiltak retta mot dei er innretta på ein god nok måte. Det er òg naudsynt med ein samla og koordinert innsats der kunnskapen blir teken i bruk for å skape endring. I denne samanhengen er det mellom anna viktig med eit tett samarbeid mellom forsking, høgare utdanning og tenester som møter barn og unge som har det vanskeleg.

BFD har koordineringsansvar for samfunnsoppdraget om å inkludere fleire barn og unge, i tett samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Kommunal- og distriktsdepartementet, som har ansvaret for innovasjonspolitikken i offentleg sektor, bidreg òg til arbeidet. Ambisjonane for samfunnsoppdraget er å redusere delen unge som står utanfor, gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. Arbeidet er no i startfasen, og Forskingsrådet har fått i oppgåve å leie ei operativ gruppe som skal føreslå ein måte å innrette samfunnsoppdraget nærare på. Forskingsrådet har fått 1,8 mill. kroner til dette arbeidet i 2023.

5.2 BarnUnge21 og arbeid for eit styrkt kunnskapsgrunnlag om barn og unge

BarnUnge21-strategien er eit sentralt dokument i arbeidet departementet gjer med forsking og kunnskapsutvikling om utsette barn og unge. Strategien blei lagd fram i februar 2021. Strategien konkluderte mellom anna med at kunnskapsgrunnlaget om utsette barn og unge har vesentlege svakheiter, at tenestene ikkje i tilstrekkeleg grad tek i bruk kunnskapsbaserte tiltak, og at ei vellukka forbetring av tenestene er avhengig av at ein byggjer betre kunnskap og sikrar at denne blir teken i bruk. Strategien gir sju tilrådingar til korleis ein kan styrkje forskinga for ein meir heilskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk. Ei av tilrådingane handla om å etablere eit nytt forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge.

BFD etablerte, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, ei forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge i 2023. Noregs forskingsråd har ansvar for å administrere satsinga. Forskingsrådet lyste i 2023 ut 40 mill. kroner til forskingsprosjekt om betre samhandling til det beste for utsette barn og unge. Midlane er utlyste som kompetanse- og samarbeidsprosjekt, der det blir lagt vekt på samarbeid med praksisfeltet. Utlysinga skal bidra til betre løysingar på tvers av tenestetilbod og sektorar, slik at utsette barn og unge får naudsynt hjelp, støtte og oppfølging. Søknadshandsaminga blir gjennomført i 2024.

Regjeringa føreslår å trappe opp forskingssatsinga om utsette barn og unge i 2024 med 6 mill. kroner. Satsinga er òg ein del av arbeidet med samfunnsoppdraget om å inkludere barn og unge. Sjå nærare omtale av BarnUnge21 under programkategori 11.10, budsjettproposisjonane til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

5.3 Forskingsrådets rolle

Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Forskingsrådet er omtalte i budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet for 2024.

BFD har gjennom ei årrekkje tildelt midlar til to budsjettføremål i regi av Forskingsrådet: Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL) og Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM I og II). Frå 2023 er tildelinga frå BFD til Forskingsrådet samla på éin budsjettpost, sjå omtale under kap. 800, post 50, programkategori 11.00.

BFDs sektorpolitiske område blir òg styrkt gjennom andre utlysingar der. Forskingsrådet utlyste i 2023 90 mill. kroner til forskingssenter for utvalde profesjonsutdanningar retta mot utsette barn og unge. Utlysinga skal dekkje inntil tre nye forskingssenter innanfor temaet utsette barn og unge. Utlysinga er særleg retta mot lærarutdanninga og relevante helse- og velferdsutdanningar. Prosjekta vil vere langsiktige satsingar med mål om å byggje kapasitet og styrkje forskinga innanfor dei utvalde profesjonsutdanningane.1

5.4 Arbeidet til Bufdir med forsking og kunnskapsutvikling

BFD gir midlar til forsking som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar. Bufdir har laga ein langsiktig plan for forsking og evaluering, som gjeld i perioden 2023–2026. Planen er, saman med BFDs forskingsstrategi, eit godt fundament for den felles, langsiktige utviklinga av kunnskapsgrunnlaget. Bufdir har dessutan, på oppdrag frå BFD, greidd ut korleis data på Bufdirs fagområde innanfor BFDs portefølje kan gjerast tilgjengelege og bli tilrettelagde for forsking av høg kvalitet og relevans. BFD legg opp til å tildele midlar på neste års budsjett slik at Bufdir kan følgje opp forslaga til tiltak i denne utgreiinga.

Bufdir har ein intensjon om at fleire av forskingsprosjekta direktoratet har ansvar for, skal vere større og meir langvarige. Mellom anna har direktoratet eit fleirårig prosjekt om langtidskonsekvensar av pandemien, eit fleirårig prosjekt om barn som veks opp i fattigdom, og eit prosjekt der føremålet er å utvikle likeverdige og verksame tiltak mot vald og diskriminering mot fleire grupper i samfunnet.

Bufdir har halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar på fagfelta sine og gjere statistikk tilgjengeleg på ein brukarvennleg måte, til dømes gjennom kommunemonitorar for barnefattigdom og barnevern. Indikatorane skal gi kommunar, forskingsmiljø og andre interesserte eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, til dømes for politiske avgjerder og utvikling av tenester. Arbeidet vil også rette merksemd mot bruk av registerbaserte data til bruk i forsking og utvikling av barnevernet. Eit anna døme på kunnskapsbasert arbeid i Bufdir er bruk av kunnskapsoppsummeringar frå Folkehelseinstituttet, som samanfattar og kvalitetssikrar forskinga. Bufdir nyttar mellom anna kunnskapsoppsummeringane til å lage kunnskapsbaserte retningslinjer og råd til bruk i tenestene dei har ansvar for.

5.5 Forsking og utvikling i forbrukarsektoren

BFD har òg eit ansvar for forsking og utvikling i forbrukarsektoren. Målet er å ha solid kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, som eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken.

Forskingsmidlane til BFD på forbrukarsektoren går til Forbruksforskingsinstituttet SIFO. Dei fekk i 2023 forskingsoppdrag knytte til generell forbrukarpolitikk, forbrukarane sin økonomiske situasjon og forbrukarane sin digitale kvardag. SIFO vil òg i 2024 få midlar til forsking om forbrukarpolitisk aktuelle tema. BFD hentar òg inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå.

5.6 Forsking og utvikling på trus- og livssynsfeltet

Lov om tros- og livssynssamfunn tok til å gjelde 1. januar 2021. Det er behov for å sjå til at lovgivinga verkar i tråd med føremåla. I samband med dette ser departementet òg at det er behov for å vidareutvikle den digitale løysinga der trus- og livssynssamfunn sender inn krav om tilskot, slik at informasjon frå denne løysinga kan inngå i kunnskapsgrunnlaget for politikken. Det er ti år sidan NOU 2013: 1 vart lagd fram. Departementet meiner det no kan vere eit godt høve til å sjå nærare på korleis gode og føremålstenlege møteplassar mellom styresmaktene og trus- og livssynssamfunna og organisasjonane deira kan støtte opp under det livssynsopne samfunn. I samband med høyringa om endringar i trussamfunnslova har departementet bede om innspel til korleis dialogen mellom trus- og livssynssamfunna og styresmaktene kan utviklast i det perspektivet. Departementet vil på bakgrunn av svara i høyringa vurdere forskings- og utviklingsprosjekt i tilknyting til dette.

6 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling

Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for ei rekkje område som er viktige for likestilling. Desse omfattar mellom anna stønadsordningar retta mot barnefamiliane, foreldrepengar ved fødsel, kontantstøtte og barnetrygd og tiltak for å fremje deltaking og inkludering for alle barn og unge. Departementet forvaltar òg lovverk som påverkar likestillinga. Dette gjeld mellom anna barnelova, ekteskapslova og krisesenterlova. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er òg ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer òg av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. Målet er å fremje likeverdige offentlege tenester på alle område departementet har ansvar for.

Arbeidet departementet gjer for å fremje likestilling og hindre diskriminering som offentleg styresmakt, blir mellom anna følgt opp i nasjonale handlingsplanar og strategiar på dei fagfelta departementet har ansvar for. Både departementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) arbeider med å skaffe til vegar kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering på fagområda sine gjennom FoU-oppdrag, statistikkutvikling og undersøkingar blant organisasjonar, kommunar og brukarar av tenestene på områda.

Bufdir har på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet òg eit sektorovergripande ansvar for oppfølging av aktivitets- og utgreiingsplikta på likestillingsområdet og skal vere ein rollemodell for alle arbeidsgivarar og offentlege styresmakter.

Departementet sitt arbeid for å fremje likestilling både som arbeidsgivar og som styresmakt vil halde fram i 2024.

6.1 Familie- og oppvekstområdet

Departementet arbeider med ei ny barnelov, jf. forslag i NOU 2020: 14 Ny barnelov. Sjå omtale av dette under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Utvalet som la fram tilrådinga, skulle mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barna, vurdere korleis foreldre kan bli sikra like rettar som omsorgspersonar. Det vart peikt på at det er viktig at regelverket oppmuntrar til omsorg frå begge foreldra.

Ein NOVA-studie har undersøkt tilnærminga familievernet har til mangfald og minoritetar. Rapporten peiker mellom anna på at dei tilsette i familievernet står i eit spenn mellom det å gjere det generelle tilbodet meir inkluderande for alle brukarar, og det å aktivt forsøkje å nå ut til og tilpasse seg særskilde behov blant minoritetar. Forskarane tilrår at arbeidet med mangfald i tenesta blir forankra systemisk i tenesta, og at tematikken inngår i familieterapiutdanningane.

Vald i nære relasjonar og valdtekt er eit alvorleg likestillingsproblem. Både kvinner og menn kan bli utsette for vald i nære relasjonar, men langt fleire kvinner enn menn er utsette for alvorleg vald frå partnaren. Valdtekt rammar særleg kvinner. Tal frå krisesenterstatistikken viser at det fyrst og fremst er kvinner og barn som bur på krisesentera. I 2022 budde 2 110 vaksne på krisesentera. Av dei var 189 menn. I tillegg budde det 1 482 barn på sentera. 61 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn.

Ein del krisesenter manglar universell utforming og tilpassing til personar med funksjonsnedsetjing. Bufdir forvaltar tilskot til utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper. Dette tilskotet kan kommunane søkje på. Alle som renoverer eller byggjer nye senter, skal dessutan sørgje for at sentera er utforma slik at dei er tilgjengelege for alle. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet. Høyringsnotatet skal mellom anna drøfte utfordringane nemnde over.

Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) blei formelt opna i oktober 2022. NASAK har som føremål å styrkje kvaliteten på tilbodet for samiske barn, vaksne og familiar i kommunalt og statleg barnevern, familievernet og krisesentera. Det er utvikla ei nettside med informasjon om rettane til den samiske befolkninga og pliktene til tenesteapparatet. Sjå omtale av NASAK i programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

I budsjettet for 2022 blei innsatsen mot vald og overgrep styrkt, og regjeringa arbeider no med ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Åtte departement samarbeider om planen som skal leggjast fram hausten 2023. Regjeringa føreslår mellom anna å auke tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak med 10 mill. kroner i 2024. Regjeringa føreslår òg 10 mill. kroner til etableringa av ein undersøkingskommisjon for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn og ungdom.

6.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte uavhengig av faktorar som kjønn, religion, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og kvar i landet dei bur.

Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2022 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2022 var det rundt 53 prosent gutar og 47 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var ikkje veldig store kjønnsskilnader i 2022 når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar eller i bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at fleire gutar enn jenter budde i statlege familieheimar, og at fleire jenter enn gutar budde i beredskapsheimar utanfor familie og nære nettverk. Vidare hadde gutar oftare enn jenter hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid, økonomisk hjelp og støttekontakt. Det var òg fleire gutar enn jenter som fekk tiltak for å styrkje utviklinga si, og der foreldra fekk tiltak for å styrkje foreldreferdigheiter.

Blant dei tilsette i barnevernet (kommunale barnevernstenester og institusjonar) er fleirtalet kvinner. Delen menn har i perioden frå 2008 til 2022 vore om lag ein fjerdedel, men med ein liten nedgåande trend dei siste åra. Delen tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn har auka jamt dei siste åra, frå 4,7 prosent i 2008 til 9,5 prosent i fjerde kvartal 2022. Endringa dei tre siste åra har vore lita. Blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn i 2022 var 46,5 prosent menn.

I utviklinga av barnevernstiltaka tek departementet og Bufdir omsyn til tilrettelegging for gutar og jenter der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

Bufdir har fleire tiltak som skal bidra til å sikre meir likeverdige barnevernstenester, mellom anna eit opplæringsprogram om minoritetar som skal gi forståing og gode strategiar for mangfaldige utfordringar og behov. Gjennom fleire år har direktoratet òg jobba målretta for at barn i barnevernet skal få naudsynt helsehjelp når dei har behov for det. Denne innsatsen er viktig for å sikre rettane til barn og unge med fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar som er i kontakt med barnevernet. I tillegg til helsesatsinga vurderer Bufdir at det i åra framover kan vere behov for å rette auka merksemd mot kompetanse på ulike former for funksjonsnedsetjingar i barnevernet. For å bidra til styrkt kompetanse om kjønns- og seksualitetsmangfald i barnevernet, finansierer Bufdir mellom anna prosjektet Rosa kompetanse barnevern. Dette er kurs for tilsette i alle delar av barnevernet og til studentar. Kursa tek opp tema som normer, kjønn, seksualitet, identitet, minoritetsstress, samansett diskriminering og inkluderande praksis.

6.3 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis gjennom ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Målet har utspring i Grunnlova § 16, som mellom anna slår fast at alle har rett til fri religionsutøving, at Den norske kyrkja står ved lag som Noregs folkekyrkje, og at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje.

Kravet om at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje, må oppfattast som eit forbod mot diskriminering, både mellom Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn og mellom dei andre trus- og livssynssamfunna. Dette inneber at staten må oppfylle nokre grunnleggjande krav til likebehandling av ulike trus- og livssynssamfunn. Samstundes vil eventuell forskjellsbehandling som «forfølger lovlige formål og har en objektiv og rimelig begrunnelse», vere i samsvar med grunnlovsføresegna. I Prop. 130 L (2018–2019) gjer departementet nærare greie for korleis prinsippet om likebehandling i Grunnlova § 16 er å forstå.

Lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) gjeld for både Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Lova slår fast at alle registrerte trus- og livssynssamfunn skal få økonomisk støtte frå staten som om lag summerer seg til ein lik sum per medlem. Lova tydeleggjer òg grunnlaget for i nokre tilfelle å kunne nekte eller trekkje tilbake tilskot. Brot på lovfesta diskrimineringsforbod er eit slikt grunnlag. Det same gjeld om trus- eller livssynssamfunn oppmodar til, eller gir støtte til, brot på diskrimineringsforbod. Om eit trus- eller livssynssamfunn forskjellsbehandlar til dømes homofile eller kvinner og det er grunngitt i den teologiske forankringa eller religiøse læra til trussamfunnet, kan det likevel vere lovleg, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 9. Sjå nedanfor om krav til rapportering om slik praksis.

Trussamfunnslova stiller fleire og meir konkrete krav til rapportering enn det tidlegare lovgiving gjorde. Mellom anna blir det stilt krav om at årsrapporten skal gjere greie for tilstand og tiltak når det gjeld kjønnslikestilling i trus- eller livssynssamfunnet, i samsvar med likestillings- og diskrimineringslova § 26 a, og for eventuell forskjellsbehandling når det gjeld tilgang til aktivitetar, styrande organ, verv og stillingar. I forskrift til trussamfunnslova er dette konkretisert ved at samfunna skal gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling, inkludert kjønnsfordelinga i dei styrande organa i samfunnet. Samfunna skal òg gjere greie for tiltak som er sette i verk og er planlagde sette i verk for å fremje kjønnslikestilling, avgrensingar samfunnet har eller praktiserer når det gjeld tilgang til eigne aktivitetar, styrande organ, verv eller stillingar som har samanheng med eit eller fleire diskrimineringsgrunnlag, og segregerte aktivitetar eller tilbod i samfunnet.

Rapporteringskrava i lova gjeld for kvart registrerte trus- eller livssynssamfunn. Ei oversikt departementet har innhenta frå Statsforvaltarens fellestenester, syner at 153 av dei 703 samfunna som har sendt inn årsrapport for 2022 per 5. juni 2023, opplyser at dei har eller praktiserer avgrensingar når det gjeld tilgang til eigne aktivitetar, styrande organ, verv eller stillingar som har samanheng med eitt eller fleire diskrimineringsgrunnlag i likestillings- og diskrimineringslova. Av desse er 136 kristne og 14 muslimske samfunn. Ifølgje ei anna oversikt departementet har fått frå Statsforvaltarens fellestenester, opplyser 92 av 703 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2022 per 5. juni 2023, at dei har segregerte tilbod, det vil seie seremoniar eller aktivitetar der kvinner og menn eller jenter og gutar må opphalde seg kvar for seg, eller som berre er retta mot ei befolkningsgruppe eller eitt av kjønna. Av desse er 27 kristne og 63 muslimske samfunn. Tala baserer seg på at samfunna har svart på ja/nei-spørsmål om dei har slike avgrensingar og segregerte tilbod, i skjemaet for årsrapport i den digitale løysinga for trus- og livssynssamfunn. Oversiktene seier ikkje noko meir om kva slags avgrensingar og segregerte tilbod det er snakk om. I årsrapporten skal samfunna gi nærare opplysingar om eventuelle avgrensingar og segregerte tilbod. Det er dessutan grunn til å tru at ein del samfunn har misforstått spørsmålet om avgrensingar i rapportskjemaet, og at særleg talet på muslimske samfunn som praktiserer slike avgrensingar, typisk ved at berre menn kan vere imam, er høgare enn det oversikta viser.

Den nye digitale løysinga for innsending av krav om tilskot og rapportar legg framleis ikkje til rette for å hente ut rapportar på aggregert nivå om kjønnsfordeling i styrande organ, men det ligg til rette for at ein over tid kan vidareutvikle løysinga slik at dette kan bli mogleg.

Den norske kyrkja arbeider systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering, jf. Strategiplan for likestilling mellom kjønn i Den norske kirke 2015–2023, som blei vedteken av Kyrkjemøtet i 2015. Kyrkjerådet vedtok hausten 2021 ein handlingsplan for likestilling, inkludering og mangfald. 2022 er fyrste året handlingsplanen har vore styrande for arbeidet kyrkja gjer med likestilling, inkludering og mangfald.

Av 12 biskopar er 7 kvinner. Delen kvinnelege prostar og biskopar var i 2022 på 35,5 prosent, ein oppgang på 3,2 prosentpoeng frå 2021. Det er stor skilnad mellom bispedømma, frå ingen kvinnelege prostar i Nord-Hålogaland til 40 prosent kvinnelege prostar i Hamar. På bispedømmekontora og i Kyrkjerådet var 45,3 prosent av leiarane kvinner, ein auke på 7,8 prosentpoeng frå 2021. 62,5 prosent av dei andre tilsette på bispedømmekontora og i Kyrkjerådets sekretariat er kvinner. I 2021 var delen 57 prosent. Blant medlemmene i Kyrkjerådet er det 11 kvinner og 6 menn. Både leiaren og nestleiaren er kvinne.

Ser vi på prestetenesta åleine, viser tala at det framleis er flest menn som har desse stillingane. Kvinnedelen blant prestane har likevel auka jamt dei siste 25 åra og var i 2022 på 38,9 prosent. Det er ein auke på 1,2 prosentpoeng frå 2021. Framleis er det skilnader mellom bispedømma, med lågast kvinnedel i bispedømma på Vestlandet og høgast i Oslo og Hamar.

6.4 Forbrukarområdet

Marknadsføring med kjønnsstereotypiar kan medverke til ideal eller skadelege forventingar om kva utsjånad, interesser og åtferd gutar og jenter helst bør ha. Dette kan avgrense livsutfaldinga og valmoglegheitene deira, både som forbrukarar og samfunnsborgarar. Både jenter og gutar, kvinner og menn, har rett til å bli sett som aktive aktørar og verna mot diskriminerande marknadsføring og annan påverknad som kan vere skadeleg.

Barn og unge blir utsette for kjønnsdelt marknadsføring basert på tradisjonelle kjønnsmønster, særleg i marknadsføring av leiketøy og spel. Målretta marknadsføring og innhald i sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar skadelege kroppsideal.

Ved endringar i marknadsføringslova som tok til å gjelde 1. juli 2022, er det innført ei plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering, jf. Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame) og Innst. 134 L (2020–2021). Ei forskrift om korleis merkinga skal gjerast, blei gjeldande frå same dato. Ved merkinga skal eit standardisert merke, fastsett av BFD, nyttast.

Lovendringa inneber at all reklame der kroppar og ansikt er retusjerte, skal merkjast. Det er òg tydeleggjort at marknadsføring som medverkar til kroppspress, er i strid med kravet i lova om god marknadsføringsskikk overfor barn. Forbrukartilsynet, som ansvarleg tilsynsmakt, følgjer opp lovendringa med tilsyn, rettleiing og informasjon og ved å promotere sjølve merket, slik at det blir godt kjent.

Endringa i marknadsføringslova har ein viktig likestillingsdimensjon, ettersom jenter i større grad enn gutar kjenner på kroppspress, og ved at retusjert reklame i større grad er retta mot jenter enn mot gutar.

6.5 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2022

Barne- og familiedepartementet

Tabell 6.1 Barne- og familiedepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2022. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Kvinner (%)

Menn (%)

Personar1 (N)

Årsverk1 (N)

Lønn2

Totalt i verksemda

65

35

156

142

97,5

Toppleiing (dep.råd., kom.sjef og e.sjef)

50

50

6

6

92,4

Mellomleiing m/personalansvar (avdelingsdirektørar, kontorsjef, kontorleiar)

85

15

13

13

91,4

Rådgivar nivå 1 (avd.dir u/pers. ansv., fag.dir., fagrådgiv., spesialrådg.)

59

41

30

29

99,4

Rådgivar nivå 2 (seniorrådg.)

65

35

72

64

97,2

Rådgivar nivå 3 (rådg. fyrstekons.)

64

36

21

17

103,9

Administrasjon (fyrstekonsulent, seniorkonsulent, rådg.)

62

38

14

13

97,4

1 Data per 31.12.2022.

2 Lønn kvinner i prosent av lønna til menn.

Tabell 6.2 Barne- og familiedepartementet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2022. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette1

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

-

9,9

15,1

12,9

3,3

6,2

3,4

4,7

1 Delen innanfor kvart kjønn.

Barne- og familiedepartementet (BFD) har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Departementet har ei partssamansett arbeidsgruppe som arbeider med å kartleggje, analysere og føreslå tiltak for å fremje likestilling og hindre diskriminering.

I 2022 har departementet lagt vekt på tiltak for få fleire kvalifiserte søkjarar med minoritetsbakgrunn og nedsett funksjonsevne. BFD har arbeidd for å profilere seg betre på sosiale medium og ved å vere meir aktiv på karrieredagar på studiestadene. I denne samanheng har det òg vore ein gjennomgang av tekst i stillingsannonsane for meir klarspråk og eit meir inkluderande språk. BFD legg stillingsannonsane ut på jobbforalle.no som er ei samarbeidsplattform med fleire organisasjonar som arbeider for inkluderande arbeidsliv. I 2022 har departementet hatt ein trainee gjennom traineeprogrammet i staten. Dette er eit rekrutteringsprogram for at personar med nedsett funksjonsevne og/eller hól i cv-en skal få relevant arbeidserfaring.

Departementet har i fleire år arbeidd med å få rekruttert fleire menn, då det har vore eit fleirtal kvinner i departementet. Av dei 22 som blei tilsette i 2022, var 8 menn, som gir ein del på 36 prosent, om lag lik kjønnsfordelinga i departementet. I dei siste åra ser det likevel ut som talet på menn aukar noko.

Det er utarbeidd rutinar for å førebyggje trakassering og fremje likestilling i departementet. Det er mellom anna rutinar for å følgje opp gravide. I lønnsoppgjer er det merksemd om kjønn, alder, gravide og tilsette i permisjon med omsorgsoppgåver. Det er òg høve til å nytte heimekontor som tilretteleggingstiltak.

Departementet utarbeider lønnsstatistikk årleg og har ikkje funne lønnsskilnader som kan knytast til kjønn.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Tabell 6.3 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2022. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn

Totalt i verksemda

29

71

497

425

931

Direktørar, avdelingsdirektørar fagdirektørar, seksjonssjefar

41

59

49

47

95,1

Seniorrådgivarar, spesialrådgivarar, prosjektleiarar

31

69

303

264

95,9

Rådgivarar, fyrste- og seniorkonsulentar

19

81

145

114

110,7

1 Ikkje vekta del.

Tabell 6.4 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2022. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette1

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

1,4

3,9

5,6

8,5

0,7

2,4

5,6

4,1

1 Av alle tilsette.

2 Både lønt og ulønt fråvær pga. foreldrepermisjon.

Etter innlemminga av Bufetat senter for administrasjon og utvikling i Bufdir i 2022 har talet på medarbeidarar auka frå 367 til 497.

Bufdir har eit sektorovergripande ansvar for likestilling. Det vil seie at dei yter bistand og er pådrivar overfor andre sektorar med kunnskap om likestilling. Bufdir analyserer utviklinga og gjennomfører og samordnar handlingsplanar. Bufdir bidreg òg til at likestillingsfeltet er godt koordinert, i samarbeid med andre styresmakter.

Bufdir er òg oppteke av likestillingsperspektivet i eiga verksemd. Kvinner utgjorde 71 prosent av dei tilsette per 31. desember 2022. Det er nærare likt når det gjeld leiarstillingar, medan det er større skilnader i stillingskodane seniorrådgivar, rådgivar og fyrste- og seniorkonsulent. Det er tilnærma likelønn i dei ulike stillingskodane, men lønna varierer òg noko basert på kompetanse og utdanning.

Likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet er følgde opp i personal- og rekrutteringsarbeidet i Bufdir. Bufdir deltek i det statlege mangfaldsnettverket, der aktivitets- og utgreiingspliktene (ARP) har vore hovudtemaet òg i 2023.

Bufdir har gått gjennom stillingsannonsane sine for å få eit meir inkluderande språk. Dei ønskjer å vere ein arbeidsgivar som speglar av mangfaldet i samfunnet, og som utnyttar det samla potensialet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, blir derfor i stillingsannonsane oppmoda om å søkje jobb i direktoratet. Bufdir har i 2023 sett i gang eit prosjekt for å profesjonalisere arbeidsgivarprofileringa, sjølve rekrutteringa og sørgje for godt mottak av nytilsette.

Bufdir følgjer òg opp leiarane i rekrutteringsprosessen for å sikre at rekrutteringane blir gjennomførte på ein profesjonell og inkluderande måte. Dette inkluderer rettleiing og oppfølging av leiarane i rekrutteringsprosedyrar og evaluering av resultata.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Tabell 6.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2022. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn2

Totalt i verksemda1

36

64

6 021

3 545

108,8

Direktørar, avdelingsdirektørar og fagdirektørar

46

54

26

26,3

105,1

Einingsleiarar og seksjonssjefar

29

71

140

136

99,3

Avdelingsleiarar i institusjonar, informasjonssjefar

24

76

220

204

99,9

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

24

76

1 174

820

97,4

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

23

77

447

392

96,2

Rådgivarar, fyrste- og seniorkonsulentar

15

85

512

411,5

97,7

Fagstillingar høgskule lågare grad

40

60

2 383

1 127

98,2

Miljøarbeidarar

62

38

1 033

378,6

100

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå, hushald og drift

20

80

86

49,5

109,9

1 I Prop. 1 S (2022–2023) var Bufdir inkludert i tala for Bufetat. Tala for 2022 over inkluderer ikkje Bufdir.

2 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2022. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette2

Foreldrepermisjon3

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

31,4

21,2

9,0

7,4

1,3

2,8

7,3

7,7

1 Tilsette i stilling mindre enn 100 prosent og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 701 tilsette på timelønn, 811 menn og 890 kvinner.

2 Av alle tilsette og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 701 tilsette på timelønn, 811 menn og 890 kvinner.

3 Både lønt og ulønt fråvær pga. foreldrepermisjon.

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda. Kvinnene utgjorde 64 prosent av dei tilsette per 31. desember 2022. Bufetat har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivåa i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga.

Det er ei overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 62 prosent menn. Delar av institusjonsområdet har tilnærma balansert kjønnssamansetjing. Barnevernsinstitusjonane og omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar har ei fordeling på rundt 55 prosent kvinner og 45 prosent menn. Størst skeivfordeling finn vi i senter for foreldre og barn, der nesten 90 prosent av dei tilsette er kvinner. På områda heimebaserte tenester og i familievernet er delen kvinner rett i overkant av 70 prosent, medan det i inntak og fosterheimstenestene er meir enn 80 prosent kvinner. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivåa i verksemda, bortsett frå i kategorien direktørar og avdelingsdirektørar, der det er ei jamn kjønnsfordeling. Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. Samla for verksemda tener kvinner 108,8 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med at talet ikkje er vekta opp mot kjønnsbalansen. Ser ein på snittlønna før kvinner og menn, tener kvinner 100,5 prosent av lønna menn får.

Bufetat har i 2022 halde fram med å følgje opp likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet i personal- og rekrutteringsarbeidet. Bufetat har eit partssamansett likestillings-, inkluderings- og mangfaldsutval, med representantar frå regionane og frå vernetenesta, tillitsvalde, leiarar, HR og likestillingsavdelinga. Utvalet er eit rådgivande organ som skal støtte likestillingsarbeidet i etaten. I 2023 har utvalet prioritert å arbeide med inkluderande rekruttering og å koordinere ei kartlegging av risikoar for diskriminering og hinder for likestilling i Bufetat innanfor alle grunnlag og område som er omtalte i likestillings- og diskrimineringslova. Kartlegginga har bidrege til å styrkje kunnskapen om aktivitets- og utgreiingspliktene og merksemda rundt likestilling og ikkje-diskriminering.

For å spegle av mangfaldet i samfunnet og utnytte det samla potensialet i befolkninga oppmodar Bufetat alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkje jobb i etaten. I 2023 har Bufetat prioritert å profesjonalisere rekrutteringsprosessen ytterlegare og å arbeide med kompetansehevande tiltak for auka kvalitet i tilsetjingssaker, mellom anna for å vareta omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering. Etaten er òg representert med deltakarar i det statlege mangfaldsnettverket saman med andre statlege verksemder.

Barneverns- og helsenemnda2

Tabell 6.7 Barneverns- og helsenemnda (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2022. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk1 (N)

Lønn2

Totalt i verksemda

26,6

73,4

139

120

79,8

Daglege leiarar / nemndleiarar inkludert konstituerte daglege leiarar

50

50

12

11,2

100

Direktør

0

100

1

1,0

-

Fagdirektør

0

100

1

1

-

Fyrstekonsulentar

100

23

17,6

-

Konsulentar

0

100

7

7,8

-

Kontorsjefar

100

1

1,0

100

Nemndleiarar

36

64

69

59,5

100,3

Rådgivarar

66,7

33,3

3

3,1

95,6

Seniorkonsulentar

0

100

14

11,2

-

Seniorrådgivarar

28,6

71,4

7

6,9

96,7

Avdelingsdirektør

100

0

1

1,0

-

1 Årsverk i heile 2022.

2 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.8 Barneverns- og helsenemnda (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2022.

2022

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær1

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

6,5

2,9

3,4

0,2

0,5

2,3

6,3

1 Prosent rekna ut ifrå årsverk per 2022.

Per 31. desember 2022 var 26,6 prosent av dei tilsette i verksemda menn. I stillingsgruppa for nemndleiarar var 36 prosent av dei tilsette menn per 31. desember 2022.

Barneverns- og helsenemnda har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Alle nemndleiarar har same lønna, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som mellom anna blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Barneverns- og helsenemnda arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering. Det går fram av årsrapporten at Barneverns- og helsenemnda ønskjer å vere ein mangfaldig og inkluderande arbeidsplass. Videre ønskjer nemnda å leggje til rette for at alle brukarane får dei same moglegheitene, og at ingen opplever diskriminering på bakgrunn av kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering eller ein kombinasjon av desse. Det blir lagt til rette for dette mellom anna gjennom personal- og lønnspolitikk og rutinar for rekruttering. Nemnda har som mål at alle lokala deira skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.

Forbrukartilsynet

Tabell 6.9 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2022. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

30,7

69,3

153

123

101,2

Toppleiing (direktør og avdelingsdirektørar)

25

75

4

4

85,3

Mellomleiing (juridiske direktørar, fagdirektørar, underdirektørar)

30,8

69,2

13

11,2

104,3

Seniorrådgivarar

30

70

50

41,5

96,9

Rådgivarar

32

68

74

64

102,1

Fyrstekonsulent

25

75

12

7,9

118,4

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.10 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2022. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

1,3

1,9

2,6

5,3

0,5

4,7

1,3

5,9

1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2022.

Per 31. desember 2022 hadde Forbrukartilsynet 153 tilsette. 31 prosent var menn, 69 prosent var kvinner. I toppleiinga var det ein mann (direktøren) og tre kvinner. Tilsynet hadde 13 mellomleiarar, og av desse var 4 (31 prosent) menn og 9 (69 prosent) kvinner.

Kvinnene i Forbrukartilsynet tente i 2022 i snitt 101,2 prosent av det mennene tente. I 2021 var snittet 96,8 prosent, noko som inneber at det i løpet av 2022 var ei utjamning. Utjamninga skjedde primært gjennom nye rekrutteringar, der fleire blei tilsette i seniorstillingar og i mellomleiarstillingar. Dette er stillingar der lønnsnivået er noko høgare, og der det stort sett blei tilsett kvinner.

I 2022 hadde Forbrukartilsynet ein netto auke i talet på tilsette på 16 personar: 10 kvinner og 6 menn. Forbrukartilsynet la vekt på å tilsetje menn i mange av dei ledige stillingane, men blant dei kvalifiserte søkjarane var delen kvinner vesentleg høgare enn delen menn (73 mot 27 prosent).

Forbrukartilsynet arbeider for ei meir inkluderande rekruttering av tilsette. Når ledige stillingar blir lyste ut, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, hòl i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Til 46 ledige stillingar i 2022 var det totalt 440 søkjarar. Blant søkjarane var det 2,5 prosent som oppgav funksjonsnedsetjing, 5,2 prosent med innvandrarbakgrunn og 5,2 prosent med hòl i CV-en. Fleire av desse søkjarane blei kalla inn til intervju, men nådde ikkje opp i konkurransen med dei som til slutt blei tilsette.

For at Forbrukartilsynet skal nå betre ut til grupper med ein framand språkbakgrunn, er viktig informasjon på nettsidene deira omsett til engelsk.

Barneombodet

Tabell 6.11 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2022. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Totalt (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

22

78

19

18

102

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.12 Barneombodet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2022. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt

Sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda1

-

-

-

-

0,0

1,6

0,6

1,9

1 Fordi Barneombodet er ei lita verksemd, blir det ikkje oppgitt tal for deltidstilsette og mellombels tilsette.

Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinner blant dei tilsette. Per 31. desember 2022 var 78 prosent av dei tilsette kvinner. Alle dei fire medlemmene i leiargruppa var kvinner. Det er ønskjeleg med ein betre kjønnsbalanse. Ombodet er merksam på dette i rekrutteringsprosessane sine. Også i 2022 har Barneombodet oppmoda menn spesielt om å søkje på stillingane som ombodet har utlyst.

Barneombodet har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Kvinner tener 102,3 prosent av lønna til menn på kontoret. Dette må ein sjå i samanheng med at barneombodet er kvinne, og at alle dei fire i leiargruppa per 31. desember 2022 var kvinner. Av dei tilsette ved kontoret har 10 prosent ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering, i tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod på jamlege møte gjennom året. Barneombodet meiner dei har eit lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som held ved lag likeverd mellom kjønna i lønnsmassen. Ombodet har ingen tilsette som har svart at dei ufrivillig har ei deltidsstilling.

Barneombodet har oppmoda personar med hòl i CV-en og funksjonsnedsetjingar om å søkje. Det har vore søkjarar frå desse gruppene til stillingane ombodet har lyst ut det siste året.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Tabell 6.13 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (kjønn, lønn) per 31. desember 2022. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Totalt (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

51,6

48,4

64

61,6

87,7

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.14 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2022. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

4,7

3,1

1,6

0

0,5

1,1

2,7

1,1

1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2021.

Ved utgangen av 2022 var kvinnedelen totalt i verksemda 48 prosent. Delen kvinner i leiarstillingar var på 46 prosent. To av sju i den øvste leiinga er kvinner. I styret til fondet sit tre menn og to kvinner. I tillegg er representanten for dei tilsette ei kvinne. Det blir lagt vekt på likestilling ved rekruttering og lønning av leiarar og medarbeidarar i Opplysningsvesenets fond. Det er ikkje funne indikasjonar på at det systematisk blir gjort skilnad mellom kjønna ved lønnsfastsetjing eller lønnsutvikling.

Opplysningsvesenets fond skriv i årsmeldinga si at dei ikkje diskriminerer på bakgrunn av etnisitet, språk, religion, livssyn eller nedsett funksjonsevne. Dei skriv òg at dei er opptekne av å vareta aktivitetsplikta si på områda, og at dei har gode rutinar ved tilsetjing.

Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i sin eigen årsrapport.

7 FN sine berekraftsmål

Noreg har slutta seg til arbeidet med FN sine berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. Berekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.

Arbeidet med oppfølging av måla er forankra gjennom Stortinget si handsaming av Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030. Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av delmåla. Sjå omtale nedanfor.

FN sitt berekraftsmål nr. 1: utrydde alle former for fattigdom i heile verda

Delmål 1.2: innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

I BFD er arbeidet for barn som veks opp i fattige familiar, knytt opp til dette delmålet.

Dei siste 20 åra har det vore ein auke i kor stor del barn som bur i hushald med vedvarande låginntekt. I treårsperioden 2019–2021 var talet 11,3 prosent, mot 11,7 prosent i perioden 2018–2020. Dette er den fyrste nedgangen i tala på 10 år, men samla utgjer delen 110 700 barn. Fleire barnefamiliar med innvandrarbakgrunn og svak yrkestilknyting har bidrege til auken i tala, medan auka barnetrygd for dei yngste barna og lågare innvandring dei siste åra er to moglege faktorar som kan forklare nedgangen i tala.

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar. Ekspertgruppa skal vurdere kva slags typar av tiltak som har best effekt, og korleis den offentlege innsatsen bør prioriterast for å i størst mogleg grad styrkje oppvekstvilkåra til barn i fattige familiar og førebyggje at fattigdom går i arv. Dette inneber òg å vurdere kva typar tiltak som vil vere mest treffsikre for å redusere delen og talet barn som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt.

Dei fleste av tiltaka i Like muligheter i oppveksten – Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023),som Solberg-regjeringa la fram i hausten 2020, blir følgde opp i strategiperioden.

Arbeidet er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål nr. 1.

FN sitt berekraftsmål nr. 5: likestilling mellom kjønna

Delmål 5.2: avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner, både i offentleg og privat sfære, mellom anna menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting

Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Ein ny studie frå NKVTS om omfang viser at vald og overgrep framleis er eit stort samfunnsproblem. Det er òg eit stort likestillingsproblem. Kvinner er mykje meir utsette for alvorleg partnarvald og valdtekt enn menn. Ein ny analyse frå Menon Economics anslår at dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved vald i nære relasjonar utgjorde 92,7 mrd. kroner i 2021. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom å følgje opp fleire handlingsplanar på feltet.

Regjeringa arbeider med ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar som etter planen skal leggjast fram hausten 2023. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova. Regjeringa har òg i 2023 sett ned eit valdtektsutval som skal greie ut problemstillingar knytte til førebygging og straffeforfølging. Vidare har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Statens sivilrettsforvaltning i oppdrag å etablere ein partnardrapskommisjon med oppstart i 2024.

Arbeidet til BFD med vald og overgrep er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.

Delmål 5.3: avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg kjønnslemlesting

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for å følgje opp dette delmålet. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedteke at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg. Lovendringa tek til å gjelde når den naudsynte forskrifta om sakshandsaming er på plass. Forskrifta vart send på høyring med frist 4. september 2023.

FN sitt berekraftsmål nr. 12: ansvarleg forbruk og produksjon

Delmål 12.3: innan 2030 halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar. Svinn i produksjons- og forsyningskjeda skal òg reduserast, inkludert svinn etter innhausting

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030, i tråd med FN sitt berekraftsmål. Det er fastsett to delmål i avtalen om ein reduksjon av matsvinnet på 15 prosent i 2020 og 30 prosent i 2025. Ifølgje hovudrapporteringa for det fyrste delmålet som kom i 2021, var matsvinnet sidan 2015 redusert med 10 prosent. På forbrukarleddet var svinnet redusert med 6 prosent. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har i 2023 sett ned eit ekspertutval som skal vurdere korleis Noreg kan nå reduksjonsmåla i åra som kjem. Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2024 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet. BFD har i 2022 og 2023 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane. Støtta vil bli ført vidare i 2024.

BFD har i mange år hatt eit samarbeid med Høgskolen i Innlandet og Ungt Entreprenørskap som skal medverke til å gi barn og unge god opplæring om berekraftig utvikling og ansvarleg forbruk. BFD vil halde fram med samarbeidet i 2024.

Delmål 12.6: stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022 og byggjer på internasjonale prinsipp og retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Lova vil medverke positivt i arbeidet til Noreg med å nå FNs berekraftsmål, særleg berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon, men òg berekraftsmål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Større verksemder skal etter lova mellom anna utføre aktsemdvurderingar knytte til grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve og offentleg gjere greie for desse. Forbrukartilsynet rettleier verksemdene og fører tilsyn med lova. Førebels har Forbrukartilsynet ikkje fått mange klager etter openheitslova, men tilsynet ventar at talet vil auke etter kvart som lova blir betre kjend.

Sjå også budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.

FN sitt berekraftsmål nr. 16: fred, rettferd og velfungerande institusjonar

Delmål 16.2: stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn

Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2022 viser at det er ein nedgang i talet på melde tilfelle av seksuallovbrot mot barn samanlikna med i 2021, medan melde tilfelle av vald og mishandling mot barn har auka samanlikna med 2021.

BFD følgjer opp delmålet gjennom oppfølging av tiltak i fleire handlingsplanar på valdsfeltet. Regjeringa arbeider med ei ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar som etter planen skal leggjast fram hausten 2023. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Innsatsen mot internettrelaterte overgrep er koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet og er forankra i strategien Forebygging og bekjempelse av internettrelaterte overgrep. Nasjonal strategi for samordnet innsats (2021–2025), som blei lagd fram i august 2021. Strategien Rett på nett. Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst blei lagd fram i september 2021. Strategien skal bidra til at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. Han skildrar moglegheiter og utfordringane på feltet og vil vere ei ramme for det vidare arbeidet for ein tryggare digital oppvekst. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med ei melding til Stortinget om trygg digital oppvekst. Meldinga skal byggje på, og gå djupare inn i, problemstillingane som er omtalte i Rett på nett.

8 Klima- og miljøprofil

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer mellom anna på at samfunnet må gjennom eit grønt skifte; det må skje ein overgang til bruk av produkt og tenester som har atskilleg mindre negative konsekvensar for klimaet og miljøet enn i dag. Dei samla klima- og miljørelevante sakene til regjeringa er omtalte i fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

I dei seinaste tiåra har forbruket til norske hushald auka mykje. Direkte eller indirekte har alt forbruk klima- og miljøkonsekvensar.

Eit mål for forbrukarpolitikken er at forbrukarane skal kunne ta medvitne val når dei handlar. Betre informasjon om kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester kan ha, kan gjere det enklare å velje produkt som belastar miljøet og ressursane mindre. Ved i større grad å spørje etter slike varer og tenester kan forbrukarane påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekta og dei etiske aspekta ved forbruket. Viktige verkemiddel er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).

På den norske marknaden gjekk talet på svanemerkte produkt noko ned frå 2021 til 2022 (frå 32 308 til 31 316). Produktgruppa tonerkassettar stod for den største nedgangen med meir enn 50 prosent reduksjon. For produktgruppene elles auka talet med 20 prosent. Størst auke var det for møblar og innreiing, følgt av tekstilar, innandørs måling og lakk og hygieneprodukt.

I ei undersøking i 2022 svarte 93 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana. 24 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel. Utbreidd kjennskap til miljømerka tyder på at mange veit at merka gir god rettleiing om kva forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

I 2024 vil BFD arbeide vidare med å gjere det enkelt for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel vil framleis vere dei sentrale verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking vil halde fram med å arbeide for at talet på produkt med miljømerke skal auke på den norske marknaden, og vil informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte varer og tenester er enkle og trygge miljøval. Miljømerking verkar for å synleggjere Svana som verktøy for å skape ein meir sirkulær og berekraftig økonomi, og det skal utviklast meir heilskaplege livsløpsvurderingar.

I strategien om sirkulær økonomi frå 2021 blei det bestemt å etablere eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Føremålet er å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis. Hausten 2022 lanserte Forbrukarrådet kontaktpunktet i form av ei ny teneste med produkttestar som legg vekt på berekraft. Forbrukarrådet arbeidde i 2023 vidare med å utvikle kontaktpunktet.

Det grøne skiftet har høg prioritet i EU. Fleire studiar tyder på at forbrukarane ønskjer eit meir berekraftig forbruk, men at dei manglar god og påliteleg informasjon. EU-kommisjonen la i mars 2022 fram forslag til regelverk om forbrukarvern i det grøne skiftet. Føremålet med forslaget er å styrkje forbrukarrettane knytte til informasjon om miljøaspekt og dels sosiale aspekt ved varer og tenester og med det leggje til rette for meir berekraftige forbruksval. BFD sende forslaget på høyring i juni 2022 og har formidla praktiske innspel til EU-kommisjonen. Departementet vil i 2024 følgje handsaminga i EU, inkludert endringsforslag frå Europaparlamentet og Rådet, og gi innspel dersom det trengst for å ta hand om norske interesser.

I mars 2023 la EU-kommisjonen fram forslag til regelverk som ytterlegare vil styrkje forbrukarane sine moglegheiter til å få relevant og påliteleg informasjon om miljøaspekt knytt til varer og tenester. Etter forslaget vil det bli stilt strenge krav til underbygging og dokumentasjon av miljøpåstandar som blir brukte i marknadsføring og til miljømerke. Nye reglar er venta å redusere utbreiinga av miljøpåstandar og miljømerke og vil i tillegg sikre at det som blir kommunisert til forbrukarane, er til å stole på. BFD sende forslaget på høyring i april 2023 for å få innspel til norske posisjonar. Departementet vil i resten av 2023 og i 2024, i samarbeid med mellom anna Klima- og miljødepartementet, følgje handsaminga av forslaget i EU for å ta vare på norske interesser. Det vil òg bli vurdert om det er mogleg å få til ein felles posisjon frå dei tre EFTA/EØS-landa.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2022 og 2023 vidare arbeidet med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette. BFD samarbeidde med Høgskolen i Innlandet og med Ungt Entreprenørskap om desse spørsmåla. Departementet vil i 2024 arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne som tek opp spørsmål knytte til berekraftig forbruk og utvikling.

I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og dei største organisasjonane i matbransjen. Med bakgrunn i bransjeavtalen har BFD i 2022 og 2023 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane. BFD vil i 2024 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere sitt eige matsvinn.

BFD har ikkje grunnlag for å seie noko om dei totale klima- og miljøeffektane av tiltaka over. Det er likevel gjort berekningar som viser at svanemerking har gunstige verknader på mellom anna utsleppa av klimagassar.

9 Oversikt over einskildståande tilskot

I tabellen er ei oversikt over einskilde tilskot på budsjettet til BFD. Tilskota er omtalte nærare under postomtalane.

Kap./post

Namn

800/50

Universitetet i Oslo

840/70

Stiftelsen Alternativ til Vold

840/70

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)

840/70

Mental Helse

840/70

Incestsenteret i Vestfold

840/70

Norges Røde Kors

840/70

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

840/70

Krisesentersekretariatet

840/70

Regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane)

840/73

Stine Sofies Stiftelse

842/70

Stiftelsen Kirkens Familievern (SKF)

846/61

Blå Kors

846/61

Stiftelsen Kirkens Bymisjon

846/61

BUA

846/61

Norges Røde Kors

846/61

Den Norske Turistforening (DNT)

846/61

MOT Norge

846/70

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner

846/70

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede.

846/71

Ungdom mot Vold

846/71

Blå Kors

846/71

Oslo Røde Kors – Kors på halsen

846/71

Stiftelsen Barnevakten

846/71

InorAdopt, Verdens Barn, Adopsjonsforum

846/71

International Social Service

846/79

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede

846/79

Technical Assistance Program – Haagkonferansen for internasjonal privatrett

846/79

Barentssekretariatet IKS

846/79

Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF)

854/61

Kristiansand kommune (Alarmtelefonen for barn og unge)

854/61

Barnevernvaktene. Landskonferanse mellom barnevernvakter og politi 2022

854/61

Skulelos – til barnevernstenester i bydel Grorud i Oslo, Klepp og Bodø

854/71

Children at risk foundation

854/71

Landsforeningen for barnevernsbarn

854/72

Universitet og høgskular og VID vitenskapelige høgskole (tilskot til rettleidd praksis til barnevernsstudentar)

854/72

Norsk Psykologforening

854/72

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge AS

854/72

Regionale senter for barn og unge (RKBU) Nord, Vest og Midt, Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør

854/72

OsloMet – Storbyuniversitetet, Høgskolen i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU, Nord universitet

862/70

Stiftinga Miljømerking i Noreg

865/70

Standard Norge

865/70

Ungt entreprenørskap Norge

865/70

Matvett AS

865/70

Fagutvalget for influencermarkedsføring (FIM)

880/70

Den norske kyrkja

880/71

Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

881/77

Museene Arven AS

881/77

Gulen kommune («Gulatinget 2024. Tusenårsstaden Gulatinget»)

881/77

Frosta kommune «Lagabøtejubileet Frosta 2024»

881/77

Midtnorsk Kultur- og Strikkefestival

881/77

Moster 2024 AS

881/77

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

881/77

Museene i Sør-Trøndelag AS ved Nordenfjeldske kunstindustrimuseum

881/78

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

881/78

Norges Kristne Råd

881/78

Muslimsk dialognettverk

881/78

Det teologiske fakultet, UiO

882/70

KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder

882/70

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

10 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

10.1 Forbrukarrådet

Tabell 10.1 Utgifter og inntekter etter art – Forbrukarrådet

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2020

2021

2022

2023

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

111 331 856

65 608 283

70 064 032

73 189 000

Varer og tenester

40 781 928

53 512 682

35 808 125

34 275 000

Sum driftsutgifter

152 113 784

119 120 965

105 872 157

107 464 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

2 576 577

6 316 730

19 645 301

12 749 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

2 576 577

6 316 730

19 645 301

12 749 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

2 001 491

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

2 001 491

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

7 305

2 560

288

7 000

Sum finansielle aktivitetar

7 305

2 560

288

7 000

Sum utgifter

154 697 666

127 441 746

125 517 746

120 220 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

4 054 000

Sum driftsinntekter

0

0

0

4 054 000

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

155 608 998

105 536 686

113 561 855

116 166 000

Andre innbetalingar

22 608 883

6 180 453

6 255 558

0

Sum overføringar til verksemda

178 217 881

111 717 139

119 817 413

116 166 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

178 217 881

111 717 139

119 817 413

120 220 000

Netto endring i kontantbehaldninga

23 520 215

-15 724 607

-5 700 333

0

Tabell 10.2 Inntekt etter inntektskjelde – Forbrukarrådet

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2020

2021

2022

2023

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

155 608 998

105 576 000

114 453 000

116 166 000

Løyvingar frå andre departement

0

500 000

3 000 000

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

5 283 361

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

155 608 998

111 359 361

117 453 000

116 166 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

2 297 556

0

0

0

Sum bidrag

2 297 556

0

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre inntekter

20 311 327

357 778

2 364 413

4 054 000

Sum oppdragsinntekter mv.

20 311 327

357 778

2 364 413

4 054 000

Sum inntekter

178 217 881

111 717 139

119 817 413

120 220 000

Tabell 10.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Forbrukarrådet

Balansedag 31. desember

2020

2021

2022

Endring

Beløp i NOK

2021–2022

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

50 822 818

35 128 213

29 427 880

-5 700 333

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

30 002

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

50 852 820

35 128 213

29 427 880

-5 700 333

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

9 210 030

5 642 403

6 140 934

498 531

Skattetrekk og offentlege avgifter

7 869 278

4 647 777

4 948 715

300 938

Gjeld til leverandørar

4 495 155

2 919 401

4 810 803

1 891 402

Gjeld til oppdragsgivarar

2 001 491

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

3 763 546

2 916 123

2 221 945

-694 178

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

27 339 500

16 125 704

18 122 396

1 996 692

Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

23 513 321

19 002 510

11 305 485

-7 697 025

Ikkje inntektsført løyving

Sum andre avsetjingar

23 513 321

19 002 510

11 305 485

-7 697 025

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

50 852 820

35 128 213

29 427 880

-5 700 333

10.2 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (Ovf)

Tabell 10.4 Utgifter og inntekter etter art – Ovf

(beløp i 1000 kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2020

2021

2022

2023

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

68 157

72 002

73 104

82 763

Varer og tenester

28 620

29 076

30 506

29 273

Sum driftsutgifter

96 777

101 078

103 610

112 036

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum utgifter

96 777

101 078

103 610

112 036

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

103 835

93 881

104 613

112 036

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

103 835

93 881

104 613

112 036

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

0

0

0

0

Andre innbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringar til verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

103 835

93 881

104 613

112 036

Netto endring i kontantbehaldninga

7 058

-7 197

1 003

0

Tabell 10.5 Inntekt etter inntektskjelde – Ovf

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2020

2021

2022

2023

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

0

0

0

0

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

0

0

0

0

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre inntekter

103 835

93 881

104 613

112 036

Sum oppdragsinntekter mv.

103 835

93 881

104 613

112 036

Sum inntekter

103 835

93 881

104 613

112 036

Tabell 10.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Ovf

Balansedag 31. desember

2020

2021

2022

Endring

Beløp i NOK

2021–2022

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

18 744

11 547

12 550

1 003

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

18 744

11 547

12 550

1 003

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

5 998

6 608

6 645

37

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 400

7 038

7 290

252

Gjeld til leverandørar

83

1 135

3 820

2 685

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

6 263

-3 234

-5 205

-1 971

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

18 744

11 547

12 550

1 003

Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetjingar

0

0

0

0

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

18 744

11 547

12 550

1 003

Fotnotar

1.

Forskningssenter for utvalgte profesjonsutdanninger rettet mot utsatte barn og unge (forskningsradet.no)

2.

Fylkesnemndene for barnevern og sosial saker skifta namn til Barneverns- og helsenemnda 1. januar 2023.

Til forsida