Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1651 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4634, 5341, 5580, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegget for 2024

5 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programkategori 00.30 Regjeringa

Utgifter under programkategori 00.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

20

Statsministerens kontor

108 060

97 084

107 671

10,9

21

Statsrådet

190 780

176 589

180 299

2,1

24

Regjeringsadvokaten

123 342

128 428

135 991

5,9

Sum kategori 00.30

422 182

402 101

423 961

5,4

Statsministerens kontor og Statsrådet

Statsministerens kontor støttar statsministeren i arbeidet med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane.

Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp Statsrådet sine møte hos Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemmane si deltaking i enkelte debattar og munnlege spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg støtte statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret arbeidsgjevarfunksjonar for regjeringsmedlemmane og andre politikarar i departementa.

Statsministerens kontor har tre avdelingar (administrativ og konstitusjonell avdeling, innanriksavdelinga og internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon.

Regjeringsadvokaten

Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre sivile rettssaker på vegner av staten og gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt behovet sitt for advokattenester på ein god måte, og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatte embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vere rask og god.

Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. Regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.

Kap. 20 Statsministerens kontor

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

97 428

97 084

107 671

21

Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen, kan overførast

10 632

Sum kap. 20

108 060

97 084

107 671

Rapport 2022

Post 01 Driftsutgifter

Statsministerens kontor har støtta statsministeren i å leie og samordne arbeidet til Regjeringa, m.a. med å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane og leggje til rette møter i statsrådet. Om lag 75 pst. av utgiftene i 2022 var løn og godtgjersler til tilsette. Andre større utgifter var husleige og reiseutgifter.

Budsjett 2024

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under kap. 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Framlegget inneber ei budsjettramme på 107,7 mill. kroner. 5,6 mill. kroner av auken på posten skriv seg frå at tiltaket om auka bemanning på statsministerens kontor som vart vedtatt i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 er vidareført i 2024. Behovet for auka bemanning skriv seg mellom anna frå auka behov for rådgjeving i internasjonale sikkerheitspolitiske spørsmål.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen, kan overførast

I statsråd 24. april 2020 vart det oppretta ein uavhengig kommisjon som skal gjennomgå og trekkje lærdom frå covid 19-utbrotet i Noreg (Koronakommisjonen). Kommisjonen leverte sin andre og siste rapport 26. april 2022.

Kommisjonen er dermed ferdig med sitt arbeid, og det er ikkje lenger behov for posten.

Kap. 21 Statsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

190 780

176 589

180 299

Sum kap. 21

190 780

176 589

180 299

Rapport 2022

Post 01 Driftsutgifter

Større utgifter i 2022 har vore godtgjersle til Regjeringa og dei politisk tilsette i departementa, reiseutgifter og husleige for pendlarbustader.

Budsjett 2024

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under kap. 21 Statsrådet skal dekkje godtgjersle til regjeringsmedlemmane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane, og ein del andre utgifter knytt til den politiske leiinga ved Statsministerens kontor og i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser, besøksreiser for familie og tenestereiser.

Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for departementenes politiske ledelse», fastsett ved kongeleg resolusjon 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk ledelse», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.

Forslaget inneber ei budsjettramme på 180,3 mill. kroner.

Kap. 24 Regjeringsadvokaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

110 577

112 828

119 438

21

Spesielle driftsutgifter

12 765

15 600

16 553

Sum kap. 24

123 342

128 428

135 991

Rapport 2022

I 2022 kom det inn 986 nye saker til Regjeringsadvokaten, ein nedgang på 17 pst. i høve til 2021.

Sjølv om anta sakar går ned så er utviklinga i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at private motpartar setter inn stadig større ressursar. Den store reduksjonen i sakar skyldast at Helsedirektoratet etter avtale nå prosederer sakane om psykisk helsevern sjølv.

Av dei nemnde sakene er 655 rettssaker (864 i 2021), 191 rådgjevande fråsegner (157 i 2021) og 140 høyringar (158 i 2021). Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del.

Utlendingssakene held seg på same nivå som i 2021 (74 saker i 2022 og 75 saker i 2021). Talet på psykisk helsevernsaker var 477 i 2022, ein auke frå 366 saker i 2021, men Helsedirektoratet handterte 316 av sakene i 2022. Talet på trygdesaker heldt seg stabilt.

Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er høg. Noko vert løyst ved å setje ut saker til private advokatar og ved noko eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sett ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Viktige saker må handsamast av Regjeringsadvokaten.

Budsjett 2024

Post 01 Driftsutgifter

Forslaget inneber ei budsjettramme på 119,4 mill. kroner for 2024. Løyvinga skal fyrst og fremst dekkje løns- og driftsutgifter hos Regjeringsadvokaten.

Regjeringsadvokaten er i ein prosess for å vurdere ulike nye lokalar for verksemda. Ein eventuell flytteprosess vil sannsynlegvis auke ressursbehovet noko i 2024/2025. Eventuelle behov for auka budsjettramme blir handtert i seinare budsjettrundar.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar, til dømes utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker. Talet på nye rettssaker er uvisst.

Forslaget inneber ei budsjettramme på 16,6 mill. kroner.

Kap. 3024 Regjeringsadvokaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Vederlag for utgifter i rettssaker

42 816

21 300

22 237

Sum kap. 3024

42 816

21 300

22 237

Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker

Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig. Inntektene er vanskeleg å anslå, og der vert difor gjort framlegg om ei ramme for 2024 på 22,2 mill. kroner, noko som er same som i 2023 justert for pris- og lønsvekst.

Programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ

Utgifter under programkategori 00.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

41

Stortinget

1 435 962

1 461 778

1 589 700

8,8

42

Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret

7 726

7 991

10 000

25,1

43

Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga

99 430

99 038

109 388

10,5

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

35 095

41 265

47 600

15,4

45

Noregs institusjon for menneskerettar

26 970

26 857

28 500

6,1

51

Riksrevisjonen

612 302

605 520

658 897

8,8

Sum kategori 00.40

2 217 485

2 242 449

2 444 085

9,0

Kap. 41 Stortinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

1 029 016

1 048 178

1 154 600

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

5 871

4 200

800

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

145 725

155 000

167 700

50

Sannings- og forsoningskommisjonen

10 000

2 900

70

Tilskot til partigruppene

223 863

227 600

242 700

72

Tilskot til Det Norske Nobelinstitutts bibliotek

1 500

1 500

73

Kontingentar, internasjonale delegasjonar

14 698

17 000

18 100

74

Reisetilskot til skular

5 289

5 400

5 800

Sum kap. 41

1 435 962

1 461 778

1 589 700

Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering

Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjering og forvaltning. Oppgåvene og arbeidsordninga til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, lover, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortinget er òg ein viktig arena for politisk debatt.

Eit folkestyre skal både bevare og fornye. Det skal bevare fordi det dannar ramma for fellesskapet vårt. Det skal fornye fordi det aldri må miste aktualiteten sin. Men først og fremst må eit folkestyre vere levande. Eit levande folkestyre er visjonen til Stortinget.

Stortingets administrasjon skal organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet og leggje til rette for at stortingsrepresentantane kan vareta verva sine i eit til kvar tid endra trusselbilete. Stortingets administrasjon varetar alle funksjonar som knyter seg til verksemda Stortinget utøver som konstitusjonelt organ, medrekna Stortingets saksbehandling og arbeidsordning, forretningsorden, løyvingsreglement, komitéreiser og formelle spørsmål i tilknyting til verksemda i komiteane og det internasjonale arbeidet. Administrasjonen hentar òg inn og legg til rette for faktagrunnlag til arbeidet i Stortinget, og dokumenterer verksemda i Stortinget.

Generelt leverer administrasjonen tenester for å gi stortingsrepresentantane dei beste føresetnadene for å vareta verva sine. Dei sikkerheitspolitiske utfordringane i Europa medfører at administrasjonen må evne å vere fleksibel og hurtig kunne justere tenesteleveransane sine. Gode arbeidsverktøy og digitale sjølvhjelpsløysingar gir stortingsrepresentantane tilgang til tenestene frå administrasjonen på ein effektiv og sikker måte. Det administrative arbeidet skal utførast effektivt og med god kvalitet. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell og samfunnsmedviten av stortingsrepresentantane og andre målgrupper.

Vidare skal Stortinget formidle kunnskap om folkestyret og Stortingets verksemd for å byggje tillit til, forståing for og oppslutning om Stortingets rolle i demokratiet. Det er eit viktig oppdrag å kommunisere til allmenta det løpande parlamentariske arbeidet i Stortinget, og å formidle den historiske utviklinga av folkestyret. Kommunikasjonen med omverda skal vere aktiv og relevant og opne for samhandling mellom folket og dei folkevalde. Kommunikasjonen er særleg retta mot barn og unge, vaksne med låg demokratisk deltaking og personar som i sitt profesjonelle virke er i kontakt med Stortinget.

Administrasjonen skal òg ta vare på Stortingets bygningar, historiske verdiar og kunst. God og sikker forvaltning, drift og vedlikehald av bygningsmassen er viktig for å sikre gode og trygge rammer for det parlamentariske arbeidet. Administrasjonen gjennomfører kartleggingar og analysar som gir god oversikt over tilstanden til bygningsmassen og behova til brukarane. Dette er grunnlaget for strategiske avgjerder på eigedomsområdet og for langtidsplanlegging av arealbruk og investeringar i eigedom, bygg og anlegg. Stortinget utarbeider verneplanar for Stortingets arkitektoniske og kulturhistoriske verdiar. Administrasjonen har forvaltningsplan og evakueringsplan for kunst og historiske gjenstandar.

Resultat i 2022

Presidentskapet gav desse føringane for arbeidet til administrasjonen i 2022:

  • levere på samfunnsoppdraget med høg kvalitet og effektivitet

  • halde fram med å hente ut effektar frå strategiske tiltak som skal gi ei betre samla brukaroppleving med mindre ressursbruk (program for modernisering og effektivisering)

  • sikre god planlegging og forankring for store byggeprosjekt, mellom anna brukarinvolvering

  • vidareutvikle formidlingsaktivitetane om folkestyret gjennom fysisk formidling i lokala til Stortinget og gjennom digitale format på ulike plattformer

I 2022 har den parlamentariske verksemda hatt eit høgt aktivitetsnivå. I stortingssesjonen 2021–2022 har Stortinget halde 98 møte og behandla 470 innstillingar i komiteane. Stortingsrepresentantane stilte i sesjonen 2021–2022 3 062 spørsmål til regjeringa. I den aktuelle politiske situasjonen er det òg stor allmenn merksemd om og interesse for Stortinget. I 2022 har vi mellom anna sett ein betydeleg auke i talet på markeringar på Eidsvolls plass, som er ein av Noregs viktigaste arenaer for ytringsfridom og engasjement.

Stortinget behandla i juni ei rekkje grunnlovsforslag som blei sette fram i den førre stortingsperioden. Fleire av forslaga gjaldt endringar i valordninga baserte på innspel i utgreiinga frå vallovutvalet, «NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg – Ny valglov». I samband med behandlinga av grunnlovsforslaga om endringar i valordninga gjennomførte kontroll- og konstitusjonskomiteen i midten av mars folkemøte for å få innspel. Dei historiske folkemøta blei haldne i Bergen, Tromsø og Trondheim, i samarbeid med UiB, UiT og NTNU. Det er første gang i moderne tid at Stortinget har arrangert folkemøte.

Administrasjonen gir fagleg bistand til representantar, politiske rådgivarar, partigrupper og komitear. I 2022 fekk administrasjonen 402 førespurnader om utgreiingsoppdrag, og av dei var 228 bestilte av representantane, rådgivarane deira eller komiteane.

2022 har òg vore eit krevjande arbeidsår for Stortinget. Inngangen til året blei prega av pandemien og gjenopninga av samfunnet. Russlands invasjon av Ukraina 24. februar 2022 har prega den internasjonale situasjonen og norsk politikk gjennom heile 2022. Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj heldt 30. mars ein videooverført tale til alle stortingsrepresentantane og regjeringsmedlemmene. Zelenskyjs videotale i stortingssalen fekk brei merksemd.

Administrasjonen har gjennom heile året lagt til rette for det internasjonale arbeidet til stortingspresidenten, presidentskapet, utanriks- og forsvarskomiteen, internasjonale delegasjonar og stortingsrepresentantane. Våren 2022 kom òg komiteane i gang med reiseverksemd igjen, og komiteane har vore på ei rekkje reiser gjennom året, både innanlands og internasjonalt. I 2022 har sikkerheit og beredskap på reiser vore vigd ekstra merksemd.

Stortingets administrasjon organiserer og leverer eit breitt og velfungerande utval av praktiske tenester til stortingsrepresentantane og brukarane. Dette omfattar tenester som vakthald/sikkerheitskontroll, bilteneste, resepsjon, reinhald, kantine, eigedomsservice med meir. Omfanget av tenester har vore stabilt i 2022, men enkelte tenesteområde har hatt fleire leveransar som følgje av større behov, til dømes ein auke i talet på besøk. I 2022 har administrasjonen levert tenester slik at stortingsrepresentantane har føresetnader for å vareta verva sine. Representantane arbeider i større grad uavhengig av tid og stad.

Arbeidet med Stortingets strategiske tiltak og utviklingsprosjekt har vore eit viktig arbeid i 2022. Eit av tiltaka er prosjektet som arbeider for digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga, som har gått føre seg for fullt i 2022. Prosjektet, kalla StorSak, var ved utgangen av året halvveges i gjennomføringsfasen, og det blir planlagt for lansering våren 2024 med sikte på opplæring og innføring til sesjonsstart hausten 2024. I 2022 har prosjektet kome langt i utvikling av funksjonalitet for administrering av saker, møte, innstillingar og referat. Prosjektet skal gi ei framtidsretta IT-plattform som kan utveksle, behandle, ta vare på og offentleggjere parlamentarisk informasjon effektivt og med god kvalitet.

Eit anna utviklingstiltak er ei tale-til-tekst-løysing som blei tatt i bruk våren 2022. Løysinga transkriberer innlegga talarane held i stortingsmøta til tekst på anten bokmål eller nynorsk. Den transkriberte teksten blir vidare kvalitetssikra av referentane. Våren 2022 blei tale-til-tekst sett i drift til bruk ved produksjonen av stortingsreferatet. Løysinga er lagd til rette for nynorsk og bokmål, men det er framleis behov for vidare utvikling av løysinga i 2023 for å nå oppsette mål. Målet er at stortingsreferatet skal produserast raskare, med den same kvaliteten og med mindre ressursar.

Det digitale prosjektet SIDA – Samhandling, informasjonskultur og dokumentasjonsforvaltning i administrasjonen – er utvikla gjennom 2022 og skal lanserast i 2023. Formålet er å utvikle ei heilskapleg løysing for den administrative saksbehandlinga. Prosjektet skal levere ei ny primær arbeidsflate for samhandling og saksbehandling. Felles kultur, nye arbeidsformer og nye digitale verktøy skal bidra til betre og meir effektiv saksbehandling og samhandling.

Prosjektet heilskapleg stortingstorg, som har som målsetting å gi betre tenester til representantane med meir effektiv ressursbruk i administrasjonen, fullførte to av delprosjekta sine i 2022. Det eine delprosjektet etablerte i 2021 stortingstorget som eit felles kontaktpunkt for tenestene til administrasjonen, og det andre delprosjektet har mellom anna levert ei forenkla digital sjølvhjelpsløysing for møtebooking.

Det har vore gjennomført ei rekkje drifts- og vedlikehaldsaktivitetar gjennom året for å vareta sikker og funksjonell drift av Stortingets eigedom. Verneplan for stortingsbygningen er godkjent, og brannsikringsstrategi er utarbeidd. Basert på Stortingets miljøføringar er det etablert eigne målområde innan eigedomsfeltet. Eit viktig arbeid i 2022 har vore å vidareutvikle Stortingets bygningsmasse. Hausten 2022 opna Stortinget ombygde og moderne lokale i Akersgata 21. Her er det lagt opp til aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Ombygginga har ført til ei arealeffektivisering og gir Stortinget større fleksibilitet ved bruk av lokala.

Stortingets fysiske formidlingstilbod blei gjenopna våren 2022, under dette det nye digitale læringsspelet DEMO, som er eit viktig tilbod til skuleelevar. Blant dei prioriterte formidlingstiltaka i 2022 er kvinners representasjon i Stortinget gjennom 100 år, og 11. januar 2022 blei portrettet av Karen Platou, den første fast innvalde kvinna i Stortinget, avduka i Eidsvollsgalleriet. Stortinget har i 2022 òg markert at det er 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili.

Viktige utfordringar framover

Stortingets administrasjon søkjer å prioritere gode og effektive leveransar på samfunnsoppdraget. Administrasjonen har ein strategi som gir retning for vidare utviklingsarbeid og legg føringar for verksemdsplanlegginga for åra framover. Dei følgjande tre satsingsområda er prioriterte i strategien:

  • Moderne arbeidsplass: Vi er éin administrasjon som står saman om leveransane, feila og suksessane våre.

  • Brukarorientert oppgåveløysing: Saman jobbar vi effektivt og profesjonelt for å skape gode brukaropplevingar.

  • Ansvarleg institusjonsforvaltar: Vi bidrar til å fornye og bevare folkestyret og tilliten til Stortinget.

Hausten 2021 byrja fleire eksterne gjennomgangar av representantordningane, og behandlinga av innhaldet i rapportane er viktig for å sikre tillit til både Stortinget som institusjon og stortingsrepresentantane. Tilrådingar frå gjennomgangane set rammene for framtidige ordningar. Dei avklarar òg behov og vilkår for stortingsrepresentantar og spørsmål knytte til kontroll og rapportering. Gjennomgangane påverkar korleis administrasjonen innrettar det vidare arbeidet i tida framover, og administrasjonen vil styrkje arbeidet sitt med forvaltning av representantordningane.

Administrasjonen etablerte i 2022 ein internrevisjonsfunksjon og har sett i gang eit arbeid for å styrkje internkontrollen. Administrasjonen har fått gode innspel frå internrevisjonen i arbeidet som er levert så langt. Hausten 2022 blei det vedtatt ein revisjonsplan som blir lagd til grunn for det komande arbeidet internrevisor skal gjere.

Stortinget arbeider målretta med beredskapsplanverk og -tiltak mot det til kvar tid gjeldande trussel- og risikobiletet. Auka grad av digitalisering og betre og meir moderne teknologiske løysingar, både i den parlamentariske og den administrative saksbehandlinga, vil bidra til sikrare og meir effektive løysingar og betre og sikrare dokumentasjonsfangst.

Mål og prioriteringar i 2024

I 2024 skal Stortingets administrasjon jobbe vidare med utvikling av effektive system for styring og internkontroll. Administrasjonen skal innrette arbeidet sitt med sikte på effektivitet og god kvalitet, og halde fram med å utvikle moderne og formålstenlege arbeidsverktøy.

Stortingets administrasjon har i 2022 arbeidd med å styrkje internkontrollen. Etter ei avgjerd frå presidentskapen hausten 2021 blei det som nemnd etablert ein eigen internrevisjon i 2022. Både styrkt internkontroll og arbeidet til internrevisjonen vil bidra til å betre styrings- og kontrollsystema i Stortingets administrasjon. Samtidig vil dette betre Stortingets evne til god forvaltning, måloppnåing og evne til kontinuerleg forbetring òg framover i tid. Satsinga på området held fram i 2024 og omfattar òg vidareutvikling av verksemdstyringa og profesjonalisering av forvaltningspraksis. Ein ventar eit varig auka budsjettbehov til dette arbeidet.

Arbeidet med løysing for digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga, StorSak, held fram ut året 2023. Når prosjektet blir gjort ferdig, skal administrasjonen ta ut gevinstane av arbeidet som er gjort. Ei framtidig løysing skal leggje til rette for ei heilskapleg forvalting av parlamentarisk informasjon og sørgje for at parlamentarisk dokumentasjon blir gjord digitalt tilgjengeleg for allmenta. Dokumentfangsten til arkiv skal i størst mogleg grad automatiserast. Prosjektet vil bruke tid på å forbetre, kvalitetssikre og stabilisere dei nye løysingane som er utvikla. I tillegg kjem opplæring og andre førebuande aktivitetar for å kunne ta det nye saksbehandlingssystemet i bruk på ein god måte i 2024.

SIDA-prosjektet arbeider for å erstatte dagens teknologiske løysingar for dokumentlager og bevaring. Prosjektet blir gjennomført i perioden 2022–2024 og vil gi administrasjonen meir formålstenlege arbeidsverktøy.

Administrasjonen skal følgje opp dei prosessane som er sette i gang knytte til dei økonomiske ordningane for representantane, og arbeide med å forbetre forvaltninga av dei. Administrasjonen skal sikre god kommunikasjon og informasjon til stortingsrepresentantane, for å støtte opp under utøvinga deira av vervet sitt.

Representantordningsutvalet la fram ein delrapport 2. mai 2022 og ein endeleg rapport 31. januar 2023. Representantordningsutvalet føreslår endring av nokre ordningar, og at alle dei økonomiske ordningane for stortingsrepresentantar blir regulerte i ei ny lov. Utvalet føreslår òg tiltak for å betre administrasjonens kommunikasjon om og forvaltning av ordningane. Rapportane skal behandlast av Stortinget, som vil leggje rammene for dei framtidige ordningane, og administrasjonen vil få ei viktig oppgåve med å utvikle ei betre forvaltning og systematisk kontroll med og etterleving av ordningane. Stortingets administrasjon vil auke budsjettet sitt for å forvalte representantordningane på ein endå betre måte, med omsyn til både råd og rettleiing overfor representantane og ein styrkt kontroll.

Administrasjonen skal arbeide vidare med å forbetre kommunikasjonen om tenestene administrasjonen har som er retta mot representantar og tilsette. Riktig og målretta kanalbruk skal sørgje for at relevant informasjon er lett tilgjengeleg, og det skal vere enkelt å halde seg oppdatert på endringar og hendingar.

I 2024 skal arbeidet med sikkerheit og beredskap framleis prioriterast, med eit spesielt søkjelys på informasjonssikkerheit.

Arbeidet med sikkerheit og beredskap i Stortingets administrasjon er mellom anna innretta for å sikre kontinuitet i kritiske samfunnsfunksjonar, og har eit perspektiv som legg vekt på evna administrasjonen har til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar og set liv og helse i fare. Arbeidet omfattar beredskap mot naturhendingar som flaum og skred, ulykker som brann og tilsikta handlingar som digitale angrep og terrorhandlingar.

Hendingar som treffer Stortinget og som hindrar evna det har til å levere på samfunnsoppdraget sitt, vil ha ein stor påverknad på det norske samfunnet. Det er gjennomført eit arbeid med å analysere korleis forskjellige typar uønskte hendingar kan ramme evna Stortingets administrasjon har til å levere på samfunnsoppdraget (samfunnssikkerheit).

Sikkerheitslova stiller krav til systematisk arbeid innan førebyggjande sikkerheit, mellom anna gjennom sikkerheitsstyring for å organisere sikkerheitsarbeidet slik at eit forsvarleg sikkerheitsnivå blir nådd. Forsvarleg sikkerheitsnivå skal vere basert på den risikoen administrasjonen, til ein kvar tid, er eksponert for. Som ein del av arbeidet er det identifisert fire grunnleggjande nasjonale funksjonar. Det blir vidare arbeidd med å analysere, vurdere og dokumentere underfunksjonar og verdikjeder knytt til desse.

I samband med reiser vil det bli lagt ytterlegare vekt på sikkerheit generelt, og på person-, helse- og informasjonssikkerheit spesielt. Den endra sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa har allereie påverka og vil òg vidare påverke internasjonalt parlamentarisk samarbeid. Administrasjonen har gjennom fleire år styrkt arbeidet sitt på sikkerheitsområdet, mellom anna ved å etablere ein sikkerheitsstab og ein seksjon for IT-sikkerheit. Ein ventar at dette området vil vere i fokus òg i 2024, og administrasjonen vurderer at det er eit varig auka behov for midlar til dette arbeidet.

Vidare skal administrasjonen leggje til rette for at tilsette og representantar kan ta miljøvennlege val, mellom anna gjennom tiltak som kan redusere forbruket, og gjennom å stille miljøkrav i anskaffingar. Det skal òg jobbast for ei berekraftig og effektiv forvaltning av Stortingets eigedommar.

I pakt med samfunnsutviklinga har Stortingets administrasjon vedtatt å styrkje miljøarbeidet, og har som mål å bli sertifisert som miljøfyrtårn innan juni 2023. Dette er eit viktig tiltak for å gjere Stortinget meir miljøvennleg og redusere Stortingets miljø- og klimaavtrykk òg i 2024. Stortinget har utarbeidd nokre konkrete miljøføringar som skal støtte opp om FNs berekraftsmål:

  • Vi gjennomfører miljøvennleg eigedomsforvaltning, byggutvikling og eigedomsdrift.

  • Innkjøpa våre bidrar til miljø- og klimavennlege løysingar.

  • Vi legg til rette for miljøvennlege val hos representantar, tilsette og brukarar av Stortinget.

Administrasjonen skal bidra til å byggje demokratiforståing i befolkninga gjennom eit målretta kommunikasjons- og formidlingsarbeid.

Nettstaden www.stortinget.no gir brukarane tilgang til all informasjon om sakene som blir behandla i Stortinget, møte og høyringar, og utgjer kjerneinformasjonen om det parlamentariske arbeidet. Administrasjonen vil arbeide med å vidareutvikle tenester som gjer det enkelt å halde seg oppdatert på det som skjer i Stortinget.

Gjennom sosiale medium, filmar og arrangement kan alle setje seg inn i og lære om kva oppgåver Stortinget har, og arbeidet som blir utført.

I 2024 skal formidlingsaktivitetane utviklast vidare. Det vil skje både gjennom fysisk formidling i form av omvisingar, utstillingar og interaktive læringsspel i Stortinget, og gjennom arbeidet med å utvikle tilbodet og breidda i den digitale formidlinga. For å nå alle målgruppene i formidlingsarbeidet vil administrasjonen arbeide med universell utforming i samsvar med generelle retningslinjer og krav.

Budsjett for 2024

Stortingets administrasjon jobbar aktivt med effektivisering og auka kostnadskontroll, og dette vil prege budsjettet og ressursbruken i 2024. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei måla og prioriteringane som er omtalte ovanfor. Løyvinga blir fordelt på følgjande postar:

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar godtgjersler for stortingsrepresentantar og løn for tilsette, og utgifter til Stortingets kjøp av varer og tenester.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

På bakgrunn av Stortingets avgjerd 15. juni 2023, jf. Innst. 476 S (2022–2023) har presidentskapet nemnt opp eit utval som skal gjennomgå Stortingets reglar om dokumentinnsyn. Utvalet skal avlevere rapport innan 1. september 2024.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Tildeling på post 45 skal nyttast til å gjennomføre vedlikehalds- og utviklingstiltak i Stortingets bygningsmasse. Langtidsplan for arealbruk og investeringar i eigedom, bygg og anlegg vil danne grunnlag for prioritering av bygningsmessige tiltak innanfor årleg budsjettramme. Stortinget planlegg ein større oppgradering av tilbygget mot Akersgata. Prosjektet er i ein tidleg fase i 2024 og gjennomføringa av prosjektet vil skje i regi av Statsbygg. Stortinget vil kome tilbake til budsjettbehov for dette prosjektet når ulike løysningar er vurdert.

På IT-området er investeringane delte inn i basisaktivitetar som blir utført årleg, og større aktivitetar som blir utført med sykliske mellomrom.

Posten vil òg bli brukt til større pågåande prosjekt. I tillegg blir posten òg nytta til andre, mindre kjøp av investeringsmessig karakter, og til utvikling av digital formidling.

Post 70 Tilskot til partigruppene

Posten omfattar tilskot frå Stortinget til gruppesekretariata i partia. Tilskotet til kvar av stortingsgruppene er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget.

Post 73 Kontingentar til internasjonale delegasjonar

Posten omfattar kontingentane til Nordisk råd, OSSE PA og IPU.

Post 74 Reisetilskot til skolar

Posten omfattar støtte til søkjarar frå skolar som besøkjer Stortinget.

Kap. 3041 Stortinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Salsinntekter

4 905

5 700

5 000

03

Leigeinntekter

2 536

2 300

2 300

Sum kap. 3041

7 441

8 000

7 300

Post 01 omfattar salsinntekter, og post 03 omfattar leigeinntekter.

Meirinntektsfullmakter:

For 2024 ber ein om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 41, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3041, post 01 Salsinntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.

Kap. 42 Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

7 726

7 991

10 000

Sum kap. 42

7 726

7 991

10 000

Hovudoppgåver og organisering

Den 1. oktober 2021 tredde lov om Stortingets ombudsnemnd for Forsvaret i kraft. Den nye lova avløyste instruksen om ombodsmannen og ombodsmannsnemnda som med få endringar hadde verka sidan 21. april 1952.

Den nye lova er i det vesentlege ei modernisert vidareføring av instruksen ho avløyser. På enkelte punkt er det skjedd ei utvikling. Ombodsnemda skal ikkje lenger ta stilling til om det ligg føre brot på rettar eller pliktar i enkeltsaker. Denne funksjonen er no overført til Sivilombodet. Nemnda skal være eit pådrivar- og interesseombod som skal verke for å ta opp «systemskjevheter, feil og mangler ved regelverk og ellers kritikkverdige forhold på gruppenivå». Lova inneber dessutan eit oppdrag om å delta i internasjonalt samarbeid og gir òg ei avklaring og styrking av mandatet overfor Forsvarets veteranar.

I motsetning til instruksen og ordninga ho avløyser, inneber den nye lova at det er Ombodsnemndas medlemmer som er ansvarlege for alle sider ved verksemda til nemnda. Dette låg tidlegare til ombodet. Jamført med lovforarbeida og evalueringa som blei gjennomført forut for dette, har det dei siste to åra vore gjennomført ei totalrenovering av administrasjonen i nemnda og arbeidsmetodikken deira.

Ombodsnemndas kontor består av fire årsverk fordelte på fire personar. I dette er Forsvarsombodet, som har full stilling, medrekna.

Under den gamle ordninga var det ei hovudoppgåve for Ombodsnemnda – i praksis for ombodsmannen og kontoret – å behandle enkeltsaker. Den nye lova legg opp til at nemnda skal behandle større, generelle problemstillingar, med dertil behov for større grad av sjølvstendig utgreiingsarbeid og saksførebuingar frå kontoret enn tidlegare.

Ombodsnemnda meiner den nye lova pålegg nemndsmedlemmene og kontoret eit ansvar som krev andre føresetnader enn den gamle ordninga, som var i kraft bortimot uendra i nesten 70 år. Nemnda meiner det er prekært å styrkje administrasjonen med éi fagstilling, og at det må tilførast midlar slik at nemndsmedlemmene får varetatt det overordna ansvaret sitt for verksemda til nemnda, utan at dette går på kostnad av nemndsaktivitet som elles skulle kome Forsvarets personell til gode.

Melding til Stortinget

Ombodsnemnda sender årleg si melding om verksemda til Stortinget – Dokument 5. Gjenpart av meldinga blir send Forsvarsdepartementet og Forsvarets leiing. Ombodsnemnda kan òg, når det er behov, sende særskild melding til Stortinget.

Mål og prioriteringar for 2024

Ombodsnemnda oppfattar Forsvarets EBA (eigedom, bygg og anlegg) og personellstruktur som betydelege utfordringar for Forsvaret, som både et knytt til mandatet for nemnda og føremålet om å «fremme og beskytte rettighetene og interessene» til personellet og samtundes «ved sitt arbeid også søke å medvirke til å effektivisere Forsvaret», jf. lov om Stortingets ombudsnemnd for Forsvaret § 1.

I tillegg til arbeidet dei gjer med EBA og personellstrukturen, vil Ombodsnemnda i 2024 halde fram med å konsentrere tilsyna sine rundt tre sentrale kvalitetsmarkørar for god varetaking av Forsvarets personell: utdanning av personellet, oppfylling av grunnleggjande behov og eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Nemnda vil særskilt prioritere å følgje opp Forsvarets arbeid mot mobbing og seksuell trakassering.

Ombodsnemnda har i 2024 mål om å arrangere eit seminar med eksterne deltakarar som handlar om rettsstillinga til skadde veteranar, dersom dette ikkje kan gjennomførast i 2023.

I 2024 vil Ombodsnemnda halde fram med å delta aktivt i internasjonalt samarbeid i regi av den internasjonale organisasjonen DCAF (Democratic Control of Armed Forces), ikkje minst gjennom den årlege internasjonale konferansen for militære ombodsordninger, ICOAF (International Conference Ombudsman for Armed Forces), som blir driven av DCAF.

Ombodsnemnda vil òg invitere samarbeidande ombodsordningar til å besøkje den store vinterøvinga Nordic Response 24 saman med nemnda.

Post 01 Driftsutgifter

Posten inneheld lønsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.

Kap. 43 Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

99 430

99 038

109 388

Sum kap. 43

99 430

99 038

109 388

Hovudoppgåver og organisering

Sivilombodets formål og oppgåver følgjer av lov om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen av 18. juni 2021. Sivilombodet er valt av Stortinget for ein periode på fire år.

Som tillitsvalt for Stortinget skal Sivilombodet føre kontroll med at det i den offentlege forvaltninga ikkje blir gjort urett eller feil mot den enkelte borgaren. Ombodet skal òg bidra til at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene blir først og fremst varetekne gjennom undersøkingar og behandling av klager frå enkeltpersonar, organisasjonar og selskap. Ombodet står fritt til å ta opp dei spørsmåla dei meiner er av interesse, og kan setje i verk saker av eige tiltak. Slike undersøkingar er i hovudsak baserte på kjennskap til forhold i forvaltninga det kan vere grunn til å ta opp særskilt.

Sivilombodet er òg nasjonal førebyggjande mekanisme for førebygging av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Vidare søkjer ombodet å hindre urett gjennom ulike kommunikasjonstiltak, slik som føredragsverksemd. Gjennom meldingane sine til Stortinget gir Sivilombodet informasjon om korleis Grunnlova, lover og Stortingets vedtak i praksis blir brukt i forvaltninga, og om verksemda som følgjer av førebyggingsmandatet.

Kontoret til ombodet er organisert i tre avdelingar som behandlar klagesaker innan ulike rettsområde: ei allmenn avdeling, ei eining for førebygging av tortur og ei administrasjonsavdeling.

Rapport for 2022

I byrjinga av 2022 var det framleis uvisse rundt fortsetjinga av koronapandemien og den forventa tilbakevendinga til normalen, og til kor stort ressurskravet for overtakinga av ansvarsområde som tidlegare var haldne av Ombodsnemnda for Forsvaret, ville vere. Ombodet utførte òg ei periodisering av arkivet og bytte av arkivdatabasen. Tidleg i desse overgangane var det eit stort ressurskrav for ombodet, men det har sidan stabilisert seg. Dette tillèt ombodet å gå vidare med satsingane på barn og digital forvaltning, noko som vil krevje ytterlegare ressursar.

Årsmeldingane for 2022 blei overleverte Stortinget i mars 2023. Sivilombodets årsmelding i Dokument 4 (2022–2023) gjer greie for hovudinntrykk frå klagesaksbehandlinga i 2022. Dokumentet omtaler òg enkelte utviklingstrekk i forvaltninga baserte på meir generelle erfaringar og orienterer om drifta av verksemda. Årsmeldinga har òg blitt integrert med årsmeldinga for Sivilombodets førebyggingseining, som gir ei nærare omtale av førebyggingsarbeidet i 2022.

Klagesaksbehandling

Det kom inn 3 959 saker til Sivilombodet i 2022, noko som er om lag på det same høge nivået der talet har lege dei siste tre åra. 21 saker er i tillegg tatt opp på eige initiativ. Desse sakene er ressurskrevjande, men viktige. Den varig høge saksmengda fører til stabilt høg saksavvikling, både for realitetsbehandla og avviste saker. Ombodet jobbar målbevisst med å auke talet på rettkomne klager.

Det blei avslutta 4 006 saker i 2022. Sivilombodet har i år i årsmeldinga valt å leggje fram tala på ein ny måte som gir eit betre bilete av den faktiske behandlinga av klagene dei mottar, mellom anna fordi dei, sjølv når dei ikkje kan behandle klager, rettleier klagaren vidare. Sivilombodet viser ofte vidare når klagaren ikkje har nytta seg av alle moglegheitene til å klage i forvaltninga, slik at ombodet må vise dei til riktig instans i forvaltninga. Dette var i 2022 tilfellet i over 1 000 klager, eller ca. 25 prosent av alle avslutta saker, så Sivilombodet har måtta bruke ein god del av kapasiteten sin på slike tilvisingar.

Dersom ein ser bort frå sakene Sivilombodet ikkje kan behandle, men ofte har gitt anna form for hjelp i, står det att 2 145 saker som ombodet potensielt kunne undersøkje. Av desse blei 518 saker ordna eller lovt vurderte på nytt av forvaltninga før det blei behov for at Sivilombodet uttalte seg om dei, mens ombodet i 109 saker konkluderte med kritikk eller grunngitt tvil. Dette talet er på same nivå som i 2021 og utgjer kring 30 prosent av klagene Sivilombodet potensielt kan undersøkje.

Det er eit mål for Sivilombodet å bruke så kort tid som mogleg på saker som må avvisast. I 2022 har Sivilombodet halde saksbehandlingstida stabil, trass i det vedvarande høge klagenivået. For ytterlegare å få ned tida med den nye høge normalmengda er det nødvendig med fleire ressursar. Slik kan tida utnyttast betre på saker som krev undersøkingar i forvaltninga. Med fleire ressursar vil Sivilombodet òg få realitetsbehandla fleire saker, noko som aukar moglegheita for at dei kan forhindre urett i forvaltninga.

Sivilombodets førebyggingsarbeid

Førebyggingseininga mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomsrøving blei oppretta hos Sivilombodsmannen i 2014, i tråd med tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon (OPCAT). Førebyggingseininga har tilgang til å besøkje alle stader der personar har fått fridomen sin tatt frå seg, for å førebyggje tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

I 2022 har førebyggingseininga gjennomført ni besøk til ulike stader for fridomsrøving: tre besøk til bustader for menneske med utviklingshemming i Bodø kommune, tre besøk til sjukeheimar i høvesvis Lørenskog og Oslo kommune og tre besøk til regionale tryggingsavdelingar i psykisk helsevern på Dikemark (Oslo Universitetssjukehus), Østmarka (St. Olavs Hospital) og Sandviken (Helse Bergen). I tillegg har eininga publisert tre rapportar baserte på besøk som blei gjennomførte i 2021, to av desse frå besøk til bustader for menneske med utviklingshemming i høvesvis Kristiansand og Hamar kommune.

I løpet av 2022 har førebyggingseininga hatt dialog med fem stader dei besøkte i perioden 2020–2021, for å følgje opp korleis tilrådingane deira er blitt gjennomførte. I tillegg har eininga utarbeidd to rapportar som samanfattar overordna funn frå besøka deira til sjukeheimar og bustader for menneske med utviklingshemming. Førebyggingseininga har òg gjennomført regelmessige møte med det rådgivande utvalet sitt. I tillegg har dei halde ei rekkje presentasjonar om funna og tilrådingane sine på ulike konferansar og seminar, og i utdanningsløp for juristar, fengselsbetjentar, vernepleiarar og barnevernspedagogar. Eininga har òg halde ved like samarbeidet med relevante fagmiljø internasjonalt, mellom anna gjennom det nordiske nettverket for førebyggingseiningar og den internasjonale organisasjonen Association for the Prevention of Torture.

Menneskerettsarbeid

Sivilombodet behandlar jamleg klagesaker som vedkjem Noregs menneskerettslege forpliktingar. Eit døme på ei slik sak frå 2022 gjeld ein klage frå ein innsett som i fleire månader blei nekta å ringe sambuaren sin. Ombodet uttalte i saka at dagens praksis med telefonkontroll i norske fengsel er eit brot på rettane til dei innsette.

Ved sida av i klagesaksbehandlinga har menneskerettar stått sentralt i saker Sivilombodet har undersøkt av eige tiltak. I ei sak som gjaldt kontroll med mekaniske tvangsmiddel i psykisk helsevern, blei det mellom anna undersøkt i kva grad vedtaka frå kontrollkommisjonane var i tråd med forbodet mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling, slik det følgjer av Grunnlova § 93, EMK artikkel 3 og praksis frå EMD. Ombodet har òg på eige initiativ undersøkt UDIs behandlingstider i familieinnvandringssaker, med søkjelys på korleis saker som gjeld barn, blir prioriterte.

Ombodet har vidare arbeidd med å tilpasse saksbehandlinga til dei krava menneskerettane og nasjonal rett stiller til korleis ombodet behandlar klager frå barn. Basert på ei vurdering av dei rettslege rammene som gjeld, er det etablert nye interne rutinar for handtering av klager frå barn og rutinar for innhenting av synspunkt frå barn i saker som gjeld dei direkte.

Mål og budsjett for 2024

Sivilombodets to mandat er fastsette i lov, og verksemda har difor stabile føringar for kva hovudmål som skal nåast kvart år. Ein stor del av verksemda til ombodet går årleg ut på å gjennomføre undersøkingar og gjere rettslege vurderingar av utvalde spørsmål. I fleire år har det vore eit mål at ombodet skal prioritere arbeidsinnsatsen der han får størst betydning. Dette vil òg vere av vesentleg betydning framover, og det er reflektert i strategi- og plandokument.

Den store auken i klagetalet dei seinare åra er venta å vare ved. Det blir viktig, men krevjande, å kunne handtere denne veksten og samtidig arbeide for lågare behandlingstider òg i 2024.

Målet om å bli betre kjend har vore følgt opp gjennom fleire år. Dette er eit mål òg for 2024, og Sivilombodet ser det som spesielt ønskeleg å rette innsatsen mot grupper av klagarar dei i større grad burde få inn klager frå.

Leggje til rette for klager frå barn

I Innst. 409 L (2020–2021) og Dokument 21 (2020–2021) er det gitt føringar om at Sivilombodet skal leggje betre til rette for å ta imot klager frå barn, og at saksbehandlinga til ombodet skal tilpassast behova barna har. I 2022 har ombodet gjennomført eit prosjekt for å greie ut korleis desse føringane skal realiserast i verksemda og ta omsyn til dei særlege rettane barn har etter menneskerettslova og Grunnlova. Dette har ført til at Sivilombodet i 2022 og 2023 oppdaterer rutinar, utviklar nytt klageskjema, utvidar samarbeidet med relevante forvaltningsorgan og arbeider med relevant kompetanseheving. Prosjektgruppa held fram med arbeidet sitt i inneverande år og i åra som kjem.

Tilpassinga av arbeid og rutinar for at ombodet betre skal kunne behandle klager frå barn, har kravd at dei allokerer fleire ressursar til dette formålet. Dette vil òg fortsetje i åra framover.

Førebyggingsmandatet

Sivilombodet vil i 2024 vil vidareføre besøka sine til stader der menneske har fått fridomen sin tatt frå seg. Avgjerder om kor mange og kva for stader som skal besøkjast, vil bli baserte på ei risikovurdering av aktuelle sektorar og stader og på ei vurdering av tilgjengeleg kapasitet. Etter snart ti års drift og 108 gjennomførte besøk til nesten alle sektorar som fell inn under mandatet deira, sit Sivilombodet på unik og omfattande innsikt i kva som utgjer risikofaktorar for krenkingar og umenneskeleg behandling for dei fridomsrøva i Noreg.

I 2024 har Sivilombodet hatt mandat som førebyggingsorgan i ti år. Dette gir dei ei moglegheit til å samanstille funna sine og sjå nærare på verknaden dei har hatt og vurdere korleis dette skal brukast i det vidare arbeidet. Kunnskapen forpliktar dei til å jobbe ikkje berre med å gjennomføre nye besøk, men òg med systematisk oppfølging av overordna funn og tilrådingar.

Post 01 Driftsutgifter

Budsjettveksten er i hovudsak knytt til styrking av utgifter til bemanning for betre å kunne vareta oppgåvene ombodet har.

Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Sivilombodets kjøp av varer og tenester.

I budsjettet er det elles innarbeidd prisjustering, konsekvensjustering og effektiviseringstrekk.

Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

35 095

41 265

47 600

Sum kap. 44

35 095

41 265

47 600

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent utval, oppretta av Stortinget i 1996. Utvalet har sju medlemmer. Medlemmene blir valde for eit tidsrom på inntil fire år av Stortinget i plenum. Medlemmene kan nemnast opp på nytt éin gong etter innstilling av Stortingets presidentskap.

Hovudoppgåver

EOS-utvalet skal føre regelmessig kontroll med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-teneste) som blir utført i den sivile og militære forvaltninga. Kontrollutvalet har som oppgåver å gjennomføre inspeksjonar, undersøkje klager og ta opp saker av eige tiltak som utvalet ut frå formålet finn det rett å behandle. Hovudformålet er å vareta rettstryggleiken til den enkelte og sjå til at tenestene respekterer menneskerettane.

Det blir årleg gitt ei ugradert melding til Stortinget om verksemda i utvalet. Ugraderte særskilde meldingar blir gitte ved behov.

Rapport for 2022

Utvalet har i 2022 gjennomført 22 inspeksjonar. Flest inspeksjonar har vore gjennomførte i PST og E-tenesta. I 2022 avslutta utvalet 16 saker av eige tiltak, det same talet som i 2021. Sakene utvalet har undersøkt av eige tiltak, er hovudsakeleg funn frå inspeksjonane.

Utvalet undersøkjer klager frå enkeltpersonar og organisasjonar. I 2022 tok utvalet 40 klager til behandling. I 2021 fekk utvalet inn 25 klager. Klager og førespurnader som fell innanfor kontrollområdet til utvalet, blir undersøkte i den eller dei tenestene klaga rettar seg mot. Utvalet praktiserer generelt sett ein låg terskel for å behandle klagesaker.

Utvalet meiner at ressursbruken har vore effektiv i 2022. Samla sett er utvalet fornøgd med resultat og måloppnåing i 2022. Det har vore uventa forseinkingar knytt til ei større anskaffing av IT-utstyr og vakansar som følgje av at det tar tid å tilsetje og sikkerheitsklarere nytt personell. Dette har medført at EOS-utvalet i 2022 har hatt lågare kostnader enn i eit normalår.

Nærare opplysningar om verksemda er gitt i årsmelding for utvalet frå 2022 (Dokument 7:1 (2022–2023).

Mål og budsjett for 2024

Den faglege verksemda til utvalet blir i hovudsak styrt av kva som kjem fram gjennom inspeksjonsverksemda og klagesaker, og av dei signala Stortinget gir ved behandlinga av årsmeldingane og dei særskilde meldingane frå utvalet. I tillegg tar utvalet opp saker på bakgrunn av opplysningar som kjem fram i offentlegheita.

Rammene for verksemda til utvalet er fastsette i lov om kontroll med etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-kontrolloven). I medhald av EOS-kontrollova § 7 andre ledd skal utvalet gjennomføre den årlege tilsynsverksemda si ut frå behov og minst omfatte fleire inspeksjonar årleg av E-tenesta sentralt, NSM, PST sentralt og Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet årleg inspisere PST-einingar i minst to politidistrikt og i minst éin av E-tenestas stasjonar eller etterretnings-/tryggingsteneste ved militære stabar og avdelingar. I tillegg er utvalet pålagt å ha minst éin årleg inspeksjon hos høvesvis Etterretningsbataljonen og Forsvarets spesialstyrkar. Utvalet kan òg undersøkje bistanden politiet gir PST eller andre delar av forvaltninga dersom det er nødvendig ut frå kontrolloppgåva. Overordna påtalemyndigheit, det vil seie statsadvokatane og Riksadvokaten, er unntatt frå kontrollområdet.

Utvalet vil òg i 2024 gjennomføre inspeksjonar i samsvar med krava i tillegg til å behandle innkomne klagesaker og undersøkje saker av eige tiltak i EOS-tenestene. Utvalet undersøkjer òg saker innanfor kontrollområdet som har vore gjenstand for offentleg kritikk.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar godtgjersle til medlemene i utvalet og løn til dei tilsette i sekretariatet, og utgifter til det utvalet kjøper av varer og tenester.

Kap. 45 Noregs institusjon for menneskerettar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

26 970

26 857

28 500

Sum kap. 45

26 970

26 857

28 500

Hovudoppgåver og organisering

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) blei oppretta 1. juli 2015 som eit organ organisatorisk lagt under Stortinget. Føremålet og oppgåvene til institusjonen følgjer av lov om Norges institusjon for menneskerettigheter av 22. mai 2015 nr. 33 (NIM-lova). NIM blir leia av eit styre og ein direktør. Styret har det overordna ansvaret for den faglege verksemda, økonomien og drifta til den nasjonale institusjonen. Stortinget vel styre, mens styret utnemner direktør. Styret er valt for ein periode på fire år, mens direktøren er tilsett for ein periode på seks år. I mars 2019 blei Adele Matheson Mestad tilsett som direktør for perioden 2019–2025.

NIM skal bidra til å styrkje gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å overvake og rapportere om menneskerettane si stilling i Noreg. Dette inneber å leggje fram tilrådingar for å sikre at Noreg oppfyller dei menneskerettslege forpliktingane sine, og å gi råd til Stortinget, regjeringa, Sametinget og andre offentlege organ og private aktørar om gjennomføringa av menneskerettane. NIM skal òg informere om menneskerettane, medrekna å rettleie enkeltpersonar om nasjonale og internasjonale klageordningar, fremje opplæring, utdanning og forsking på menneskerettane, leggje til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider med menneskerettane, og delta i internasjonalt samarbeid for å fremje og beskytte menneskerettane. NIM skal ikkje prøve enkeltsaker om krenking av menneskerettar. Stortinget har føresett at institusjonen skal vere samlokalisert med, og administrativt knytt til, Sivilombodet.

Rapport for 2022

Det følgjer av NIM-lova at NIM årleg skal gi ei melding til Stortinget om verksemda til institusjonen og utviklinga av menneskerettssituasjonen i Noreg. Årsmeldinga, Dokument 6 (2022–2023), blei levert til Stortinget 29. mars 2023. Årsmeldinga dekkjer eit breitt spekter av område, men er ikkje uttømmande. I meldinga gir NIM tilrådingar på nokre område der dei meiner norsk lovgiving eller praksis bryt med menneskerettane, og på område der det er rom for forbetring eller der det er særlege utfordringar som styresmaktene bør vere merksame på.

Mål og budsjett for 2024

NIM har eit særs breitt mandat, då menneskerettane har betyding for nær sagt alle rettsområde. Institusjonen byggjer arbeidet sitt på 27 ulike rettsområde. Desse områda dannar grunnlag både for den systematiske overvakinga institusjonen gjer av menneskerettssituasjonen og for den interne arbeidsdelinga. Det breie mandatet gir NIM eit unikt høve til å følgje det store biletet og skape dialog med dei ulike menneskerettsaktørane.

NIMs visjon er eit sterkt og heilskapleg menneskerettsvern for alle. Det betyr at NIM må jobbe innanfor ei heil rekkje felt og ha tilsvarande brei kunnskap i organisasjonen. I NIMs strategi for 2022–2024 er det sett overordna mål om å vere ein sterk fagleg rådgjevar, brubyggjar, vaktbikkje og formidlar. Strategien definerer òg fire prioriterte temaområde og tar opp menneskerettsansvaret til kommunane som eit tverrgåande satsingsområde. Strategien blir supplert av ein årleg aktivitetsplan som definerer konkrete prioriteringar.

Breidda i NIMs mandat krev ei tydeleg prioritering av arbeidsinnsatsen og ein stab som må ha god ekspertise på svært mange rettsområde. Ein stor grad av spesialisering er nødvendig for å kunne gi tilstrekkeleg presise råd innanfor komplekse fagområde, og oppgåvene føreset òg brei kompetanse i organisasjonen innanfor jus, samfunnsvitskapelege fag, kommunikasjon og formidling/undervisning.

Måla som blir følgde opp i 2024 er å:

  • bidra til at staten gjer best mogleg menneskerettslege vurderingar ved å gi gode faglege råd i ulike saker som reiser menneskerettsspørsmål

  • førebyggje og hindre menneskerettsbrot

  • bidra til å styrkje arbeidet kommunane gjer med menneskerettsansvaret sitt

  • delta aktivt i prioritert internasjonalt samarbeid og internasjonale rapporteringar

  • fremje kunnskap og bidra inn i den offentlege debatten om menneskerettar

  • arbeide for å nå definerte mål innanfor prioriterte område som strategien omfattar:

    • bidra til å styrkje bevisstheita om dei menneskerettslege aspekta knytt til utviklinga av informasjonsteknologi, og konsekvensar for ytringsfridom og personvern

    • styrkje menneskerettane til utsette grupper, som barn, funksjonshemma, personar med ruslidingar og eldre

    • styrkje rettane til og kunnskapen om urfolk og dei nasjonale minoritetane

    • jobbe for et styrkt vern av rettar i møte med klimakrisa

  • styrkje informasjonsflyt og samarbeid på menneskerettsfeltet, både i sivilsamfunnet og mellom sivilsamfunnet og styresmaktene

  • fremje undervisning om menneskerettane til ungdomsskular og vidaregåande skular

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.

Kap. 51 Riksrevisjonen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

583 702

576 820

630 197

75

Internasjonale organisasjonar og nettverk

28 600

28 700

28 700

Sum kap. 51

612 302

605 520

658 897

Hovudoppgåver og organisering

Riksrevisjonen blir leia av eit kollegium som består av fem riksrevisorar. Stortinget vel riksrevisorar til kollegiet for fire år om gongen. Riksrevisjonens formål, oppgåver og rammevilkår følgjer av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om Riksrevisjonens virksomhet av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir betalte inn som føresett, og at midlane og verdiane til staten blir brukt og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.

Riksrevisjonen gjennomfører dei følgjande hovudkategoriane av oppgåver:

  • årleg pålagd finansiell revisjon, under dette kontroll av lover, reglar og Stortingets vedtak

  • årleg pålagd selskapskontroll

  • revisjonsoppgåver Riksrevisjonen vel sjølv ut frå kva dei vurderer som aktuelt og relevant for Stortinget og for allmenta

  • undersøkingar som Stortinget pålegg Riksrevisjonen å gjennomføre

Riksrevisjonen består av sju avdelingar, og i tillegg kjem seksjon for internasjonalt arbeid og to stabar, ein for styring og kommunikasjon og ein for juridiske tenester. Det er fem avdelingar som driv med revisjon, ei avdeling for metodestøtte og utvikling og ei administrasjonsavdeling. Hovudkontoret ligg i Oslo. Riksrevisjonen har òg regionalt nærvære med kontor i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen og Kristiansand og på Hamar.

Riksrevisjonens visjon for planperioden 2018–2024 er «Revisjon til nytte for morgendagens samfunn». Det er definert tre hovudmål:

  • Riksrevisjonen skal vere samfunnets fremste leverandør av aktuell og relevant offentleg revisjon.

  • Riksrevisjonen skal gjennomføre revisjon og kontroll av høg kvalitet.

  • Riksrevisjonen skal vere ein effektiv organisasjon.

Rapport 2022

Resultata i 2022 viser at Riksrevisjonen i stor grad leverer aktuelle og relevante revisjonar av høg kvalitet, men at den revisjonsfaglege kvalitetssikringa i finansiell revisjon må forbetrast. Både Stortinget og forvaltninga gir uttrykk for at undersøkingane og revisjonane er nyttige og bidrar til forbetring. Utviklingstiltaka som er sette i gang dei seinare åra, skal bidra til at organisasjonen blir meir effektiv.

Riksrevisjonen rapporterer årleg til Stortinget om revisjonen av statsrekneskapen og alle verksemdsrekneskapar som inngår i statsrekneskapen. Riksrevisjonen reviderte statsrekneskapen og 235 årsrekneskapar for departement, statlege verksemder og fond for 2021. Dette inkluderer årsrekneskapen for Sametinget. Resultatet av arbeidet blei overlevert Stortinget 27. oktober 2022 i Dokument 1 (2022–2023). Denne rapporten inneheldt òg seks etterlevingsrevisjonar.

Resultatet av den årlege selskapskontrollen blei rapportert til Stortinget 1. desember 2022 i Dokument 3:2 (2022–2023). Riksrevisjonen rapportert òg 11 forvaltningsrevisjonar til Stortinget i 2022. Ved inngangen til 2023 er det sett i gang ytterlegare 22 forvaltningsrevisjonar og 9 etterlevingsrevisjonar.

For å kunne levere kontroll og revisjon på ein effektiv måte prioriterer Riksrevisjonen utviklingsarbeid høgt. Her står digitalisering og automatisering sentralt. Tiltak som er gjennomførte, har styrkt kvaliteten og effektivisert ressursbruken. I tillegg har meir samordna styring av revisjonsoppdraga bidratt til betre prioriteringar. Talet på årsverk er redusert dei siste fem åra, samtidig som produksjonen er på omtrent det same nivået.

Det nye riksrevisorkollegiet fastsette i 2022 rammeverk for strategiske prioriteringar av revisjonsoppgåver. Formålet med overordna styringssignal er å bidra til at saker som blir fremja for Stortinget, tar opp dei aller viktigaste temaa for det norske samfunnet. I 2022 starta Riksrevisjonen òg ein møteserie der det blei gjennomført dialogmøte med sentrale regionale aktørar innan forvaltning, politikk og samfunnsliv over heile landet. På møta presenterte Riksrevisjonen dei strategiske prioriteringane sine og fekk innspel til framtidige revisjonsoppgåver.

Riksrevisjonen er medlem i verdsorganisasjonen for riksrevisjonar, INTOSAI (International Organization of Supreme Audit Institutions). Som medlem i INTOSAI har Riksrevisjonen tatt ansvar for å vere vertskap for INTOSAI Development Initiative (IDI), som har som mål å styrkje riksrevisjonar i utviklingsland. Riksrevisjonen har som mål å bidra til organisasjonsbygging av fagleg sterke riksrevisjonar. Her er IDI det viktigaste verkemiddelet. I tillegg til arbeidet i IDI har Riksrevisjonen i 2022 samarbeidd med riksrevisjonane i Uganda, Albania, Nord-Makedonia og den regionale organisasjonen for riksrevisjonar i det sørlege Afrika – AFROSAI-E. I tillegg er det inngått ein samarbeidsavtale med riksrevisjonen i Namibia. I 2022 brukte Riksrevisjonen nærare 10,4 millionar kroner på utviklingssamarbeid, mot 8,2 millionar kroner i 2021. Tala blir årleg rapporterte til Development Assistant Committee (DAC) i OECD.

Riksrevisjonen har orientert Stortinget om verksemda i 2022 i Dokument 2 (2022–2023).

Mål og budsjett for 2024

Riksrevisjonen planlegg å gjennomføre revisjonsoppgåver og levere undersøkingar i same omfang som i 2022. I tillegg til årleg pålagde, faste revisjonsoppgåver som finansiell revisjon og selskapskontroll, vil dei gjennomføre ei rekkje etterlevingsrevisjonar og forvaltningsrevisjonar.

Stortinget vedtok i 2021 å setje ned eit lovutval for å gjennomføre ei heilskapleg evaluering av Riksrevisjonens verksemd. Utvalet skal òg vurdere gjeldande lov og instruks for Riksrevisjonen og eventuelt føreslå nødvendige lovendringar. Innstillinga frå lovutvalet er forventa å liggje føre hausten 2023. Dette kan påverke innretninga av Riksrevisjonens verksemd framover.

Riksrevisjonen vil vidareføre vertskapet for IDI og halde fram med dette samarbeidet i 2024. Utviklingssamarbeidet med riksrevisjonane i andre land vil òg vidareførast.

Riksrevisjonen har i dag porteføljestyring av alle vedtatte utviklingstiltak. Dette skal sikre ei systematisk styring av utviklingsarbeidet og leggje til rette for realisering av gevinstar frå prosjekta. Ved utgangen av 2022 inneheldt porteføljen 13 utviklingstiltak, og av dei er fleire forventa avslutta i 2023. Av prosjekta og tiltaka som vil halde fram inn i 2024, er mellom anna eit nytt revisjonsstøtteverktøy for den finansielle revisjonen.

Riksrevisjonen vil i 2024 implementere ei ny sky- og informasjonsplattform. Bakgrunnen for satsinga er at Riksrevisjonen innhentar betydelege mengder informasjon og data i revisjonane sine og kontrollane med statlege verksemder og selskap. Dette gir Riksrevisjonen unik tilgang til informasjon og gir moglegheiter til å gjennomføre komplekse analysar som gir viktig, tidsriktig og relevant informasjon til Stortinget og statsforvaltninga. Satsinga inneber implementering av ein heilskapleg infrastruktur for handtering av slike data ved bruk av skyteknologi. Data har i seg sjølv ein stor verdi og må sikrast. Ein viktig del av satsinga er difor å bidra til ei heilskapleg og sikker informasjonsforvaltning.

Satsinga vil skape meirverdi ved at innhenting, analyse og forvalting av store mengder data kan gjerast på ein effektiv, fleksibel og sikker måte, og bidra til at automatisering og effektivisering av revisjonsprosessar kan gjerast på en einskapleg og sikker måte. Riksrevisjonen vil vidare kunne gjennomføre meir målretta revisjonar med høgare kvalitet, mellom anna ved bruk av ny teknologi til analyseformål. Dette vil føre til forbetra rapportar og meir relevant informasjon til Stortinget og statsforvaltninga. Satsinga vil gjennomførast i perioden 2024 til 2027.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Riksrevisjonens kjøp av varer og tenester og dekkjer drifta i verksemda ved hovudkontoret og dei seks regionkontora.

Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk

Budsjettposten gjeld tilskot til drifta av INTOSAI Development Initiative (IDI). IDI er organisert som ei stifting med eit styre og eit sekretariat. IDI har som mål å styrkje offentleg revisjon i utviklingsland, og gjennom dette bidra til godt styresett, utvikling og fattigdomsnedkjemping. Som vertskap for IDI har riksrevisor i rolla som dagleg leiar oppgåva som styreleiar i IDI.

IDIs utviklingsprogram mottar finansiering frå fleire land og organisasjonar. Fleire riksrevisjonar gir òg støtte til IDI gjennom å låne ut tilsette og å tilby tenestene sine. Tilskotet frå Riksrevisjonen finansierer deler av drifta for IDI i tråd med intensjonen i Innst. S. nr. 8 (1998–99).

Kap. 3051 Riksrevisjonen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Refusjon innland

1 953

2 000

02

Refusjon utland

1 152

300

300

Sum kap. 3051

3 105

2 300

300

Riksrevisjonen tar imot refusjonar i samband med internasjonale revisjonsoppdrag og inngått leigeavtale med IDI-sekretariatet. I 2024 vil desse leigeinntektene førast som refusjon på utgiftsposten, slik økonomiregelverket opnar for.

Meirinntektsfullmakter

Riksrevisjonen blir gitt fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 51, post 01 Driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3051, post 02 Refusjon utland, jf. framlegg til romartalsvedtak II.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programkategori 23.10 Finansadministrasjon

Utgifter under programkategori 23.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1600

Finansdepartementet

486 885

534 219

560 969

5,0

1602

Finanstilsynet

467 975

500 518

555 046

10,9

1605

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

1 021 105

938 984

1 005 979

7,1

Sum kategori 23.10

1 975 965

1 973 721

2 121 994

7,5

Kap. 1600 Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

402 780

423 537

449 401

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

70 205

96 382

70 821

50

Forsking og allmennopplysing – Noregs forskingsråd

40 747

70

Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden

13 900

14 300

Sum kap. 1600

486 885

534 219

560 969

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:

  1. Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar

    1. overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga

    2. finanspolitikk, herunder handlingsregelen og analysar av korleis statsbudsjettet verkar på økonomien

    3. rammeverket for pengepolitikken

    4. inntekts- og fordelingspolitikk

    5. strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene

    6. internasjonalt økonomisk samarbeid

    7. offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå

  2. Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar

    1. investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg, irekna rammeverk for ansvarleg forvalting

    2. oppfølging av forvaltinga av rammeverket for Statens pensjonsfond

    3. statleg gjeldsforvalting

  3. Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar

    1. avgjersler om utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa

    2. tiltak som legg til rette for effektivitet og god offentleg ressursbruk

    3. utgreiing av økonomiske og administrative verknader av offentlege tiltak

    4. forvalting av prosjektmodellen til staten med kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjekt, forvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltinga, tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

    5. saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer

  4. Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar

    1. skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken

    2. utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll

    3. fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien

    4. overordna styring av Skatteetaten og Tolletaten

    5. internasjonalt samarbeid på skatte-, avgifts- og tollområdet

  5. Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av

    1. finansføretaka (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)

    2. verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)

    3. eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar

    4. struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden

    5. finansiell stabilitet

Rapport

Økonomisk politikk

Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa er ei av hovudoppgåvene til Finansdepartementet, jf. nasjonalbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett. Sjå nærare i Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 for ein nærare omtale av stoda i norsk økonomi og utsiktene framover. Departementet si vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvd går fram av den årlege finansmarknadsmeldinga.

Formuesforvalting

Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2022 i Meld. St. 17 (2022–2023) Statens pensjonsfond 2023.

Meldinga drøfta mellom anna fleire sider ved strategien for Statens pensjonsfond og gjorde greie for resultata i forvaltinga og arbeidet med ansvarleg forvalting. For Statens pensjonsfond utland (SPU) vart det i meldinga mellom anna gjort greie for oppfølginga av NOU 2022: 12 Fondet i en brytningstid, som har vurdert dei langsiktige perspektiva for SPU. For Statens pensjonsfond Noreg (SPN) vart det mellom anna gjort greie for ein gjennomgang av den aktive forvaltinga i fondet. Meldinga inneheld òg analysar av resultata i forvaltinga av SPU og SPN i 2022 og ein brei omtale av arbeidet med ansvarleg forvalting.

Sjå elles omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond.

Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten

Finansdepartementet samordnar regjeringa sitt arbeid med statsbudsjettet og førebur avgjerder i regjeringa. I 2023 har det vorte publisert ein oppdatert rettleiar i statleg budsjettarbeid. Finansdepartementet har ansvaret for utgreiingsinstruksen, reglar for samfunnsøkonomiske analysar, samt ordninga med ekstern kvalitetssikring av statlege investeringsprosjekt med anslått kostnadsramme over ein fastsett terskelverdi. Rammeverka skal bidra til å betre saksgrunnlaget før det vert fatta offentlege avgjerder. Det har vore arbeidd med forbetring av utgreiingsinstruksen, rettleiaren til utgreiingsinstruksen og rettleiaren til samfunnsøkonomiske analysar i 2023. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) publiserte i juni 2023 ny rettleiar til samfunnsøkonomiske analysar.

Finansdepartementet har samla krav som gjeld utgreiing, planlegging og kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i eit eige rundskriv, R-108/19, som trådte i kraft 21. september 2019. Rundskrivet vart revidert i 2023 og det er gjort mindre endringer for å klargjere nokre av krava til utgreiing av tiltak og for å ivareta sektorvise krav til oppfølging av investeringsprosjekta. Terskelverdien som avgjer kva for prosjekt som er omfatta av krava ligg fast på 300 mill. kroner for digitaliseringsprosjekt og 1 mrd. kroner for andre prosjekt. Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder, som etter konkurranse har fått ei rammeavtale med Finansdepartementet. I september 2019 inngjekk Finansdepartementet avtale med sju ulike føretakskonstellasjonar for fire år. I 2022 og 2023 har Finansdepartement førebudd og gjennomført konkurranse om ny rammeavtale som vil gjelde frå september 2023. Rammeavtala gjeld i 2 år med opsjon på forlenging i 2 år. I løpet av dei fire avtaleåra for rammeavtalen frå 2019 er det gjennomført 36 eksterne kvalitetssikringar (KS1) av utgreiingar av konseptval og 55 eksterne kvalitetssikringar (KS2) av kostnadsestimat og styringsunderlag for planlagde investeringsprosjekt før desse er lagt fram for Stortinget. Det er òg gjort 32 andre kvalitetssikringar av prosjekt utanom KS1 og KS2 med føremål å styrkje prosjektoppfølginga underveis. Dette gjeld mellom anna gjennomgang av kostnader i prosjekt som er under gjennomføring. Finansdepartementet arbeider vidare med fagleg utvikling av metodikk for utgreiing og god prosjektstyring i staten som ein del av ordninga.

Finansdepartementet har sidan 2002 finansiert eit eige tverrfagleg forskingsprogram – Concept-programmet. Dette skal utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Målet er å sikre gode konseptval, ressursutnytting og effekt av investeringane. Programmet skal vektleggje tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedtatt. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ei samarbeidsavtale.

Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, samlar Concept erfaringsdata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjerder og stå for kvalitetssikring av statlege investeringsprosjekt. Concept-programmet har utvikla evalueringsformatet, og prøvd det ut slik at ein kan evaluere verknadene etter kvart som prosjekta vert ferdigstilte og har vore i drift ei stund. I 2022 vart det levert to evalueringar av ferdigstilte prosjekt og totalt var 34 kvalitetssikra prosjekt evaluert ved utgangen av 2022 . Programmet driv i tillegg metodeutvikling, følgjeforskning og formidling av kompetanse til statleg sektor. Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege frå nettsidene til programmet.

Finansdepartementet har sidan 2016 analysert djupare utvalde område for effektivisering og betre målretting av ressursbruken over statsbudsjettet (områdegjennomgangar). Målet med arbeidet er å identifisere og leggje til rette for budsjettinnsparingar, moglegheit for betre måloppnåing med uendra ressursbruk eller å finne nye måtar å løyse oppgåver på som kan gje redusert kostnadsvekst på sikt. I 2022 vart det sett igang analysar om namngjevne tilskotsmottakarar, innovasjon og meir effektive løysingar – læring av koronapandemien og arbeidsmarknadstiltak. Det er arbeidd vidare med desse i 2023 og i tillegg er det sett i gang ein gjennomgang for auka rammestyring av kommunesektoren. I februar 2023 publiserte departementet eit rammeverk for områdegjennomgangar. Rammeverket er tilgjengeleg på nettsidene til departementet. Finansdepartementet held òg fram arbeidet med å utvikle rammeverket for analysane og leggje til rette for betre produksjon og bruk av data i fleire delar av forvaltinga. DFØ understøtter Finansdepartementet i arbeidet.

Skatte- og avgiftsområdet

Ei av hovudoppgåvene på skatte- og avgiftsområdet er arbeidet med skatte- og avgiftsopplegget i statsbudsjettet. Departementet har greidd ut og utarbeida dei skatte-, avgifts- og tollforslaga som vert fremja i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024.

Skattlegging av store fleirnasjonale konsern

Skattlegging av fleirnasjonale konsern reiser problemstillingar som omfattar mange land og krev internasjonale løysingar. Gjennom OECD/G20 sitt BEPS-prosjekt (Base Erosion and Profit Shifting Project) er det oppnådd semje om ei rekkje tiltak mot flytting av overskot og utholing av skattegrunnlag. Den digitale økonomien forsterkar utfordringane med skattlegging av fleirnasjonale konsern, samstundes som nye problemstillingar oppstår. Inclusive Framework (IF) er eit samarbeidsorgan med 143 medlemsland som vart oppretta for å følgje opp BEPS-prosjektet. I oktober 2021 vart medlemslanda i IF samde om hovudelementa i ei internasjonal reform for skattlegging av store multinasjonale konsern. 139 av medlemslanda har så langt slutta seg til denne semja. Løysinga består av to hovuddelar, omtalt som pilarar (to-pilarløysinga). Noreg deltar i arbeidsgrupper under IF, som arbeider vidare med dei detaljerte løysingane og ein plan for gjennomføring av dei to pilarane. OECD har sidan februar 2022 fortløpande sendt på høyring utkast til modellreglar for dei ulike elementa i pilar 1. Det vert òg arbeidd med ein multilateral konvensjon som det tas sikte på at kan underskrivast ved årsskiftet. For pilar 2 er det utforma modellreglar som vart ferdige og offentleggjorde i desember 2021, i tillegg til kommentarar og ei rekkje rettleiingar til reglane.

Finansdepartementet sendte i juni 2023 på høyring eit utkast til norske lovreglar som implementerer pilar 2-regelverket. Høyringsfristen gjekk ut 1. august. Planen er at pilar 2-reglane skal tre i kraft i Noreg frå 2024, medan nokre element fyrst trer i kraft seinare. Dette er på line med implementeringsplanane i ei rekkje andre land.

Grunnrenteskattar

Særskatten for petroleumsselskap vart lagt om til ein kontantstraumskatt frå inntektsåret 2022, jf. Prop. 88 LS (2021–2022), Innst. 440 L og Innst. 441 S. Omlegginga gjev eit meir nøytralt skattesystem. I ein overgangsperiode gjev ho auka arbeid for skattytarane og skattestyresmaktene.

Departementet har greidd ut forbetringar av skattlegginga av næringar der det er særleg høg avkastning på grunn av stadbunden grunnrente. Grunnrenteskatt for havbruk vart innført frå inntektsåret 2023. Det vart òg gjort endringar i grunnrenteskatten for vasskraft på grunn av den høge straumprisen.

EØS og skatt

EØS-retten pregar i stor grad arbeidet med skattar og avgifter. Dette gjeld sjølv om EUs arbeid med og reglar for harmonisering av skattar og avgifter ikkje er omfatta av EØS-avtala. Årsaka er at EØS-avtala inneber at òg skattar og avgifter må vere i samsvar med dei fire fridomane. I tillegg nyttast det norske skatte- og avgiftssystemet i stor grad til å gje statsstøtte. Slik støtte må utformast innafor dei rammene som EØS-avtala gjev. Om lag 80 pst. av statsstøtta i Noreg vert gjeve i form av ulike skatte- og avgiftsfordelar.

Departementet arbeider for å sikre at skatte- og avgiftsreglane er utforma i tråd med dei forpliktingane som følgjer av EØS-avtala, og at utviklinga av EU-/EØS-retten skjer på ein måte som tener norske interesser. Mellom anna vert det arbeidd med å klargjere handlingsrommet for å gjere skatte- og avgiftssystemet best mogleg, og å aktivt påverke EU-/EØS-retten slik at han i endå større grad tener norske interesser. Eit sentralt mål er til dømes å få meir tenlege reglar for å avgjere om ei verksemd er i økonomiske vanskar, og difor ikkje kan få statsstøtte. Eit anna er til dømes å verne det norske skattefundamentet. Dette arbeidet har òg ei side mot arbeidet som skjer i OECD.

Verdsetjing av fritidseigedom

Til 2010-budsjettet vart det utvikla eit nytt verdsetjingssystem for bustadar i formuesskatten. Dette omfatta ikkje fritidseigedom. I samband med behandlinga av Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt – En skattereform for omstilling og vekst, fatta Stortinget 31. mai 2016 vedtak 738 nr. 15, som ein del av forliket om skattereform:

«Regjeringen bes gjennomgå og forbedre systemet for verdivurdering av fritidseiendom.»

Framlegg til eit nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader i formuesskatten var på høyring frå Finansdepartementet fram til 7. januar 2022. Dagens regelverk for å fastsetje formuesverdiar av fritidsbustadar er lite treffsikkert og kan gje vilkårlege utslag. Framlegget vil betre formuesgrunnlaga av fritidsbustadar vesentleg. Det vil òg auke likebehandlinga av skattytarane. Å innføre ein ny verdsetjingsmodell krev administrative førebuingar og tilpassingar. Departementet tar sikte på at det skal vere mogleg å innføre nytt verdsetjingssystem frå 2026. Sjå nærare omtale av saka under kap. 1618 Skatteetaten.

Samordning av reglane for innkrevjing av offentlege krav

Finansdepartementet arbeider med å samordne og modernisere reglane for Skatteetatens innkrevjingsoppgåver i ei ny lov om innkrevjing av statlege krav med meir. Arbeidet skjer i samarbeid med etaten. Føremålet er eit moderne og meir brukarvenleg regelverk som legg til rette for å gjere innkrevjingsoppgåver til Skatteetaten meir effektive, og som er godt tilpassa ei digital forvaltning.

Finansmarknadsområdet

Finansdepartementet greidde ut om utviklinga i finansmarknadene og arbeidet med finansmarknadspolitikken i Meld. St. 18 (2022–2023) Finansmarkedsmeldingen 2023.

Meldinga gjorde mellom anna greie for utsiktene for finansiell stabilitet, eit godt og trygt tenestetilbod til kundane, digital sårbarheit og berekraft. Utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg vert påverka av utviklinga i norsk og internasjonal økonomi og i internasjonale finansmarknader. I meldinga vert motstandskrafta i finansføretaka og reguleringa for å handtere sårbarheitene i det norske finanssystemet omtala. Meldinga omtalar òg kapitaltilgangen i Noreg og konkurransen i bank- og forsikringsmarknaden. Velfungerande finansmarknader er avgjerande for vekst- og omstillingsevna i økonomien og kvardagen til folk. Det norske finansielle systemet er mellom dei mest digitaliserte i verda, noko som gjev store fordelar, men samstundes inneber nye risikoar og sårbarheiter. Risikoar ved digital sårbarheit, både i den finansielle infrastrukturen og for den einskilde, vert òg omtala i meldinga. Finansnæringa har ei viktig rolle i omstillinga til ein lavutslippsøkonomi gjennom å kanalisere kapital til berekraftige prosjekt og løysingar. Meldinga tar føre seg utviklinga av regelverk som skal gjere det lettare å identifisere berekraftige investeringar og nye reglar for berekraftsrapportering frå selskapa.

Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingssesjonen 2022–2023 resultert i desse lovendringane og lovframlegga:

Stortinget vedtok 12. desember 2022, Lov om låneformidling (låneformidlingsloven). Etter framlegg i Prop. 2 L (2022–2023)

Stortinget vedtok 12. desember 2022, Lov om regnskapsførere (regnskapsførerloven). Etter framlegg i Prop. 130 L (2021–2022)

Stortinget vedtok 28. mars 2023, Lov om endringer i verdipapirhandelloven mv. (samleproposisjon). Etter framlegg i Prop. 36 LS (2022–2023)

Stortinget vedtok 5. juni 2023, Lov om endringer i foretakspensjonsloven, innskuddspensjonsloven og forsikringsvirksomhetsloven mv. (bufferfond for private garanterte pensjonsprodukter). Etter framlegg i Prop. 83 L (2022–2023)

Budsjett 2024

Kap. 2 i del I av denne proposisjonen omtalar nokre viktige oppgåver for Finansdepartementet i 2024. Dessutan går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtala der, krev oppfølging i seinare år.

Formuesforvalting

Departementet sitt arbeid med Statens pensjonsfond går ut på å utvikle den langsiktige investeringsstrategien til fondet, fastsetje og følgje opp retningsliner for forvaltinga, irekna fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.

Arbeidet med å utvikle investeringsstrategien for fondet i 2024 tar utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 17 (2022–2023) Statens pensjonsfond 2023. Dette er nærare omtala i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond, i proposisjonen her og i Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024.

Skatte- og avgiftsområdet

Prop. 1 LS Skatter og avgifter

Departementet bruker kvart år betydelege ressursar på utgreiing og utarbeiding av skatte-, avgifts- og tollforslag som vert fremja i statsbudsjettet. Førebuing av skatte- og avgiftsopplegget i statsbudsjettet for 2025 vil vere ei viktig oppgåve i 2024.

EØS og skatt

Arbeidet for å sikre at skatte- og avgiftsreglane er best mogleg, innanfor rammene av forpliktingane som følgjer av EØS-avtala, held fram i 2024. Alle skatte- og avgiftsforslag som departementet arbeider med må vurderast i lys av dette.

Skattlegging av store, fleirnasjonale konsern

Arbeidet med globale løysingar for meir effektiv og rettferdig skattlegging av store, fleirnasjonale konsern held fram i 2024. Noreg deltar i arbeidsgrupper under Inclusive Framework, som arbeider vidare med dei detaljerte løysingane og ein plan for gjennomføring av dei to pilarane i to-pilarløysinga. Sjå nærare omtale av dette arbeidet og framdrifta i Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022, pkt. 4.2

For pilar 1(omfordeling av rett til skattelegging til markedsstatar) sin del følgjer det av ei erklæring frå Inclusive Framework 13. juli 2023 at ein tar sikte på å underteikne ein konvensjon om dette innen årsskiftet.

Verdsetjing av fritidseigedom

Arbeidet med eit nytt verdsetjingssystem for fritidseigedom held fram i 2024. Dette er nærare omtala under kap. 1618 Skatteetaten. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på egna måte.

Samordning av reglane for innkrevjing av offentlege krav

Arbeidet med å samordne og modernisere reglane for Skatteetatens innkrevjingsoppgåver held fram i 2024. Finansdepartementet hadde i 2023 eit framlegg til ny lov på høyring og arbeider no vidare med lovprosessen. Prosjektet er naudsynt for å modernisere innkrevjingsområdet gjennom programmet Fremtidens innkreving. Programmet er ei tverrsektoriell satsing som starta i 2022. Programmet vil leggje til rette for å samordne og modernisere IT-systemporteføljen, prosessane og regelverket på innkrevjingsområdet. Programmet er leia av Skatteetaten, som skal samarbeide med politiet, Nav, Lånekassa og Brønnøysundregistrane om å utvikle samanhengande tenester.

Finansmarknadsområdet

I 2024 vil mellom anna desse lovsakene og utgreiingane krevje særleg innsats på finansmarknadsområdet:

Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av den så kalla PRIIPS-forordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarer til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 1286/2014 om nøkkelinformasjonsdokument om samansette og forsikringsbaserte investeringsprodukt (PRIIPS-forordninga). Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av regelverk om kapitaldekning for verdipapirforetak. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarar til forordning (EU) 2019/2033 om krav til verdipapirforetak og direktiv (EU) 2019/2034 om tilsyn med verdipapirforetak. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2019: 1 frå Verdipapirlovutvalget. Utgreiinga inneheld forslag til revisjon av føresegna om overtakingstilbod i verdipapirhandelloven kapittel 6 med tilhøyrande forskrifter. Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.

Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2021: 1 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til endringar i føresegna i verdipapirhandelloven om tilsynsstyresmakt, sanksjonskompetanse og klageordning. Utvalet foreslår mellom anna at marknadsoperatørane ikkje lenger skal utføre myndigheitsoppgåver. Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.

Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av regelverk om sentrale motpartar. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarar til forordning (EU) 2019/834 (EMIR-Refit) og venta EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 2019/2099 (EMIR 2.2). Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring av EØS-reglar som svarar til den så kalla SFTR-forordninga, forordning (EU) 2015/2365. Styresmaktene skal gjennom krav til transaksjonsregister få informasjon om risiko ved verdipapirfinansieringstransaksjonar. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om lovbrotsgebyr og leiingskarantene, mellom anna i finansføretakslova. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2021: 10 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av den så kalla folkefinansieringsforordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarar til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1503/2020 om europeiske tilbydarar av folkefinanseringstenester til næringsverksemd. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat med utkast til føresegner om gjennomføring av reglar som svarar til forordning (EU) 2019/518 og forordning (EU) 2021/1230 om betalingar over landegrensene i norsk lov. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2021: 7 frå Eiendomsmeglingsutvalget, med utkast til føresegner om endringar i eigedomsmeklingslova. Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.

Finansdepartementet har hatt på høyring eit framlegg frå Finanstilsynet om lov- og forskriftsreglar om forbod mot returprovisjonar. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.

Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2023: 6 frå Finanstilsynutvalget, som har gått gjennom og vurdert finanstilsynslova og Finanstilsynets verksemd. Utvalet har utarbeidd utkast til ny finanstilsynslov Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.

Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2023: 15 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til føresegner om norsk gjennomføring av nye EU-reglar om berekraftsrapportering frå føretak. Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.

Finanstilsynet greier på oppdrag frå Finansdepartementet ut norsk gjennomføring av forventa EØS-reglar om grøne obligasjonar. Framlegga vil verte sende på høyring, og Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå Finanstilsynet i lys av høyringsfråsegnene.

EUs lovgivande organ forhandlar om ei pakke med rettsakter på kvitvaskingsområdet. Forhandlingane har tidlegare vore venta å vere ferdige i løpet av 2023, men det er meir sannsynleg at dei er ferdige tidlegast i 2024. Desse rettsaktene vil, dersom dei er akseptable for Noreg, gjere det naudsynt med utgreiing før det er mogleg å gjennomføre dei i norsk rett.

Finansdepartementet arbeider med eit høyringsnotat om å utvide kvitvaskingsloven til å gjelde særlege aktørar i kunstbransjen, i samsvar med forpliktingar i EUs femte kvitvaskingsdirektiv (direktiv (EU) 2018/843).

Finansdepartementet har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på korleis ein kan sikre trygge og enkle betalingar for alle framover. Utvalet skal mellom anna vurdere rolla til kontantane, i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak nr. 1174 (2020–2021). Utvalet skal levere utgreiinga innan 15. november 2024.

Finansdepartementet har sett ned eit offentleg utval som mellom anna skal sjå på kapitalstrukturen i sparebankar for å sikre god nok evne til å tåle tap, i tråd med kapitalkravsregelverket i EØS. Utvalet skal levere utgreiinga innan 27. september 2024.

Reguleringa av utlånspraksis i bankane (utlånsforskrifta) gjeld i utgangspunktet ut 2024. Finansdepartementet vil i 2024 evaluere korleis reguleringa har fungert, og vurdere om det framleis er behov for forskrifta, eller om ho bør endrast.

EUs lovgivande organ har kome til semje om den såkalla «Bankpakka 2021». «Bankpakka 2021» inneber endringar i forordning (EU) 2013/575 (CRR) og direktiv (EU) 2013/36 (CRD), og inneheld m.a. ein ny standardmetode for å berekna kapitalkrav for kredittrisiko og et nytt kapitalkravsgolv for dei større IRB-bankane. Rettsaktane må utgreiast før det er mogleg å gjennomføre dei i norsk rett.

EU-kommisjonen la i april 2023 fram framlegg til revisjon av krisehåndteringsregelverket for bankar. Framlegget inneber endringar i direktiv (EU) 2014/59 (BRRD), forodning (EU) 2014/806 (SRMR), direktiv (EU) 2014/49 (DGSD) og Daisy-Chain tillegget til BRRD. Desse rettsaktane må utgreiast før det er mogleg å gjennomføre dei i norsk rett.

EU-kommisjonen la i september 2022 fram framlegg om endringar i kapitalkravsregelverket for forsikringsføretak (m.a. ved endringar i direktiv 2009/138/EC (Solvens II)) og eit nytt regelverk for krisehandtering av forsikringsføretak (IRRD). Begge framlegga er til behandling i Europaparlamentet og EU-rådet. Rettsaktane må utgreiast før det er mogleg å gjennomføre dei i norsk rett.

Finansdepartementet vil hausten 2023 setje i gang eit utgreiingsarbeid om fripolisar og visse andre problemstillingar knytta til privat tenestepensjon, mellom anna for å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 719 (2022–2023).

Finanstilsynet greier på oppdrag frå Finansdepartementet ut norsk gjennomføring av forventa EØS-reglar om digital operasjonell motstandsdugleik som svarar til forordning (EU) 2022/2554 (DORA-forordninga). Finanstilsynet har frist 1. desember 2023.

Finanstilsynet greier på oppdrag frå Finansdepartementet ut norsk gjennomføring av EØS-reglar som svarar til forordning (EU) 2022/858 (DLT-forordninga). Finanstilsynet har frist 1. november 2023.

Rettsakter frå EU

Arbeidet med å utvikle det norske regelverket for finansmarknadsområdet heng nært saman med arbeidet med å tilpasse og ta inn nye EU-rettsakter i EØS-avtala. Finansdepartementet vil òg prioritere dette innlemmingsarbeidet i 2024.

I tråd med den internasjonale utviklinga mot styrka regulering av og tilsyn med finansmarknadene har EU utarbeidd særs mykje regelverk for:

  • finansføretak (bankar og andre kredittinstitusjonar, forsikringsføretak, m.m.),

  • verdipapirføretak, verdipapirfond, infrastrukturføretak for verdipapirmarknaden m.m.,

  • rekneskap, rekneskapsførarar og revisorar, og

  • tiltak mot kvitvasking og finansiering av terror.

Dette er dels direktiv, med krav til utforminga av regelverket i dei einskilde medlemslanda, og dels forordningar, som gjeld direkte i heile EU. Det aller meste av regelverket i EU på desse områda er EØS-relevant for Noreg og skal difor tas inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett. Direktiv som er tatt inn i EØS-avtalen skal gjennomførast med eigen norsk regeltekst i lov eller forskrift. Forordningar skal gjennomførast ved tilvising til EUs regeltekst, anten i lov eller forskrift, slik han er tilpassa i EØS-avtala.

Dei tre EØS/EFTA-landa Liechtenstein, Island og Noreg klarlegg seg imellom kva ein treng av tilpassing til EU-rettsaktene og diskuterer dette med representantar for EU. Når partane er samde, kan rettsaktene tas inn i EØS-avtala ved vedtak i EØS-komiteen.

Vedtaka i EØS-komiteen trer normalt i kraft med ein gong, med mindre EU-rettsakta enno ikkje er i kraft. Dersom det krevst stortingsvedtak, til dømes ny lovgjeving, er det vanleg å ta så kalla konstitusjonelt atterhald, slik at vedtaket i EØS-komiteen ikkje trer i kraft før det er gjeve melding om at konstitusjonelle krav er oppfylte. I slike tilfelle vert det normalt gjort framlegg om at Stortinget gjev samtykkje til innlemming, anten i særskild proposisjon eller saman med eit lovframlegg.

EØS-arbeidet på finansmarknadsområdet er òg drøfta i kap. 3 i Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024.

Bankenes sikringsfond

Alle norske bankar må vere medlem av den norske innskotsgarantiordninga. Ordninga sikrar generelt innskot opp til 2 mill. kroner per innskytar per bank. Bankenes sikringsfond administrerer innskotsgarantiordninga i Noreg og det overordna formålet med innskotsgarantien er å bidra til finansiell stabilitet. Innskotsgarantien reduserer faren for at mange kundar vil ta ut pengane sine samtidig viss det oppstår tvil om tilstanden i ein bank. Rammast ein bank av slike uttak, kan det spreia seg til fleire. I ein slik situasjon kan bankane få problem med å fylla rolla si i det finansielle systemet og den økonomiske aktiviteten i Noreg kan verte skadelidande. Dersom innskot i ein bank vert utilgjengelege for kundane, skal innskotsgarantiordninga utbetale garanterte innskot til innskytarane innan 7 vyrkedagar. Garanterte innskot har prioritet føre andre usikra krav i buet, slik at forventa tap for ordninga normalt vil vere svært lave. Likviditetsbehovet dei fyrste 7 dagane kan likevel verte vesentleg høgare enn dei endelege kostnadene ved utbetaling.

Innskotsgarantifondet var ved utgangen av 2022 på 20,4 mrd. kroner, som utgjorde 1,31 prosent av samla garanterte innskot i medlemsbankane. Minstekravet til fondet sin storleik er 0,8 prosent. Fondet har i tillegg trekkfasilitetar på 10 mrd. kroner i private bankar. Av omsyn til tillit til ordninga bør tilgjengelege midlar som eit minimum vere tilstrekkelege til at ordninga kan oppfylle utbetalingsansvaret sitt dersom ein bank som ikkje er forutsett krisehandtert, skulle verte vedteken avvikla under offentleg administrasjon, i tillegg til ein sikringsmargin. Ordninga bør basert på dette ha tilgjengelege midlar som svarar til om lag 2,5 prosent av samla garanterte innskot. Ved utgangen av 2022 var dette talet 1,96 prosent når ein reknar med dei private trekkfasilitetane. Bankenes sikringsfond kan i einskilde situasjonar óg kalle inn tilleggsbidrag frå medlemene.

Behov for ekstra likviditetskilder kan til dømes oppstå i situasjonar der banksektoren i Noreg og internasjonalt er svekka og ikkje har normal evne til å gi likviditet. Tilstrekkeleg tilgang på likviditet, slik at kundane er tryggje på at dei får dekte sine garanterte innskot, er sentralt for tilliten til innskotsgarantiordninga. Ved uro i banksektoren vil det vere viktig at befolkninga ikkje tviler på at dei raskt vil få tilgang til pengane sine dersom banken deira kjem i problem. Slik tvil kan i motsett fall auke risikoen for at kundane trekkjer innskota sine ut av norske bankar i stor skala og føre til å forsterke ei ev. krise. Eit statleg lånehøve vil kunne hjelpe til tilliten til innskotsgarantien og i seg sjølv redusere risikoen for å hamne i ein situasjon der det er aktuelt å nytte lånehøvet. Eit statleg lånehøve bør berre vere aktuelt å nytte dersom ordninga sine andre tilgjengelege midlar ikkje er tilstrekkelege, eller dersom bruk av private likviditetskjelder vert vurdert å kunne true den finansielle stabiliteten. Det vert difor fremma forslag om at det vert etablert ein trekkfasilitet hos staten på 1 prosent av samla garanterte innskot, avgrensa oppover til 20 milliardar kroner og med en løpetid på inntil 5 år, jf. forslag til romartalsvedtak VII.

Arbeidet med statsbudsjett og økonomistyring i staten

Finansdepartementet vil vidareføre finansieringa av forskingsprogrammet Concept ved NTNU for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Hovudlinene i Concept-programmet vert vidareført i 2024. Programmet skal evaluere store statlege investeringsprosjekt som no er kome i driftsfasen og vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. I tillegg driv programmet med metodeutvikling, følgjeforsking og kompetansebygging. Forskinga skal vere fritt tilgjengeleg for alle som søkjer kunnskap om prosjektstyring i staten.

Samfunnstryggleik og beredskap

På Finansdepartementets ansvarsområde skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunne handtere ekstraordinære hendingar skal vere god. Departementet og dei underliggjande etatane har beredskapsplanverk for å kunne handtere uynskte hendingar, og desse vert jamleg oppdaterte. Finansdepartementet samarbeider òg mellom anna med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder. Informasjonstryggleik er ein viktig del av Finansdepartementets styringsdialog med underliggjande etatar.

Ei sentral utfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga og andre delar av den finansielle infrastrukturen ved lag, slik at samfunnet får dekt behovet for mellom anna betalingstenester. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har identifisert dette som ein samfunnskritisk funksjon, kalt Finansielle tenester. Finansdepartementet har det overordna ansvaret for varetakinga av denne funksjonen. Departementet har òg ansvar for viktige samfunnsfunksjonar, som handtering av statlege inntekter, Folkeregisteret og Tolletatens kontroll med den grensekryssande vareførslen.

Finansdepartementet arbeider òg med beredskapen for Statens pensjonsfond utland.

Departementet deltek òg jamleg i sektorvise og nasjonale øvingar innan tryggleik og beredskap.

Særleg om arbeidet med ny lov om nasjonal tryggleik

Lov om nasjonal tryggleik (sikkerhetsloven) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å gjennomføre føresegnene i lova. Føremålet med lova er å tryggje nasjonale tryggleiksinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke tryggleikstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggleiksinteressene skal tryggjast ved at kvart departement identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF-ar) innanfor sitt ansvarsområde, slik at verksemder av avgjerande betyding for GNF-ar kan underleggjast sikkerhetsloven, og ein kan setje i verk naudsynte sikringstiltak for dei skjermingsverdige verdiane i verksemdene. For å vareta føremålet med lova, vil GNF-arbeidet i departementa vere ein kontinuerleg prosess. Arbeidet kan gje endringar i dei identifiserte GNF-ane og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (til dømes andre verksemder). Kva som krevst for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå, kan òg verte endra undervegs.

I tråd med føresegna i sikkerhetsloven har Finansdepartementet tidlegare identifisert og innmeldt departementet sine GNF-ar til Nasjonalt tryggingsorgan.

Statlege verksemder som Finansdepartementets underliggjande etatar og Noregs Bank, er allereie underlagt sikkerhetsloven. Finansdepartementet har i 2022–2023 arbeidd med å identifisere andre verksemder med vesentleg eller avgjerande viktigheit for GNF-ane, samt med å underleggje desse lova der det er naudsynt. Arbeidet vil halde fram i 2024. For verksemder som vert underlagde lova, vil departementet i samråd med verksemda òg vurdere om verksemda eig eller forvaltar skjermingsverdige verdiar. Departementet vil i samråd med verksemdene peike ut eventuelle skjermingsverdige verdiar og melde dei inn til tryggingsorganet. Departementet vil så setje fristar for gjennomføring av sikringstiltak.

Post 01 Driftsutgifter

Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. For 2022 vart talet på årsverk rekna til 292. Lønsrelaterte utgifter utgjer drøyt 80 pst. av løyvinga. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. For 2024 foreslås ei løyving på 449,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar hovudsakleg utgifter til utgreiingsarbeid, forskingsoppdrag og ein del særlege innkjøp.

Midla på posten vert mellom anna brukt til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver. Det kan vere kostnader til utgreiingsutval som regjeringa har sett ned på departementet sitt ansvarsområde, eller kjøp av eksterne tenester, mellom anna i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond. Etikkrådet er administrativt ein del av Finansdepartementet og gjev råd til Noregs Bank om utelukking og observasjon av verksemder.

Departementet held fram med å gjere djupare analyse av utvalde område for å skape effektivisering og betre handlingsrom i budsjettet. Områdegjennomgangar vert brukt som ein del av budsjettprosessen for å greie ut og foreslå endringar som kan gje betre måloppnåing og auka handlingsrom i budsjettet. For å styrkje merksemda og kompetansen om offentleg ressursbruk, held regjeringa fram med å utvikle DFØ til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk og vil nyttiggjere seg av DFØ i arbeidet med områdegjennomgangar og andre analysar av offentleg ressursbruk.

Kostnader som er knytta til Concept-programmet, eit forskingsarbeid for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt, vert belasta kap. 1600, post 21. Hovudlinene i Concept-programmet vert vidareførte. Programmet skal evaluere store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen og vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken.

Tidlegare vart òg nokre forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd budsjettert her. I budsjettframlegget for 2024 er det oppretta ein ny post 50 der alle forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd vert budsjettert samla.

For 2024 foreslås ei løyving på 70,8 mill. kroner.

Post 50 Forsking og allmennopplysning – Noregs forskingsråd

Posten er ny og vert oppretta for å samle dei ulike forskingsprogramma i regi av Noregs forskingsråd. Forskingsprogrammet om skatteøkonomi held fram.

Vidare er det frå 2021, i kjølvatnet av virusutbrotet, sett i verk eit program som ser nærare på den økonomiske behandlinga av krisa som følgje av utbrotet, der det òg vert samanlikna med tidlegare kriser som finanskrisa og oljeprisfallet i 2014–2015. Til dette programmet er det sett av 15 mill. kroner for 2024.

Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden som tidlegare vart budsjettert på post 70 er òg flytta hit. Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverke til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene, gjennom forsking og allmennopplysning. Fondet vart skipa i 2002 med ei avsetjing etter omdanning og sal av Oslo Børs og Verdipapirsentralen, men vart erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet i 2013. Løyvingsmodellen skal halde dei reelle tildelingane om lag like store som dei var med fondet. For 2024 foreslås ei løyving til Finansmarknadsfondet på 15,1 mill. kroner. Kostnader til administrative tenester er budsjetterte under Forskingsrådets budsjettkapittel, kap. 285, post 55. Forskingsrådet tar hand om tildelingane og rekneskapsførselen på vegne av Finansdepartementet. Finansmarknadsfondet kan òg dele ut gåvemidlar og fekk i 2021 ein større donasjon frå ein bank.

For 2024 foreslås ei løyving på 40,7 mill. kroner.

Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år

Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra endå det er gjort mykje for å finne ut kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.

På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføre at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverke løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjort. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåre differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.

Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.

Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er tatt opp igjen i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2024, jf. framlegg til romartalsvedtak VIII.

Fullmakt til postering mot mellomværet med statskassen

I Gul bok 2020 orienterte Finansdepartementet om endringar i føresegnene om økonomistyring i staten med verknad frå 2020, mellom anna om mellomværet med statskassa, jf. òg rundskriv R-101 frå Finansdepartementet. Mellomværet syner om ei statleg verksemd eller rekneskapsførande statleg ordning har pengar til gode frå statskassa eller skyldar pengar til ho. Verksemder med mellomvære vil ha eit unntak frå kontantprinsippet. Som for 2023 vert det òg for 2024 gjort framlegg om tre fullmakter som heimlar slike unntak for Skatteetaten – sjå framlegg til romartallsvedtak IX.

Kap. 4600 Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Ymse refusjonar

84

50

50

Sum kap. 4600

84

50

50

Post 02 Ymse refusjonar

Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvingane under kap. 1600, post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.

Kap. 1602 Finanstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

442 534

464 518

518 898

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

25 441

36 000

36 148

Sum kap. 1602

467 975

500 518

555 046

Samfunnsoppdrag og organisering

Samfunnsoppdraget til Finanstilsynet er å bidra til finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Dette er naudsynte vilkår for tillit til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og vern av forbrukarar og andre brukarar av finansielle tenester.

Finanstilsynet skal sjå til at føretaka under tilsyn etterlever lover og reglar. I dette arbeidet nyttar tilsynet ei rekkje verkemiddel. Verkemidla er tilsyn, overvaking og kontroll, forvaltning, regelverksutvikling samt informasjon og kommunikasjon. Finanstilsynet har tilsyn med mellom anna bankar, finansieringsføretak, kredittføretak, betalingsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, forsikringsformidlarar, verdipapirføretak, fondsforvaltarar, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har tilsynet kontroll med prospekt og finansiell rapportering frå noterte føretak og følgjer opp åtferda deira i verdipapirmarknaden.

Styret i Finanstilsynet har eit overordna ansvar for verksemda. Styret har fem medlemar og er supplert med to tilsette representantar ved behandling av administrative saker. Medlemane og varamedlemane vert peikt ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Sitjande styre vart oppnemnd vinteren 2022. Finanstilsynsdirektøren har ansvaret for den daglege leiinga av Finanstilsynet og vert tilsett av Kongen for eit åremål på seks år.

Finanstilsynet hadde ei bemanning tilsvarande 288 utførte årsverk i 2022.

Resultat i 2022

Nedanfor følgjer ein nærare omtale av arbeidet i Finanstilsynet i 2022. Sjå òg nærare omtale av tilsynet sine aktivitetar i Meld. St. 18 (2022–2023) Finansmarkedsmeldingen 2023.

Solide og likvide finansføretak

Finanstilsynet vurderer løpande soliditeten, risikoen og risikohandteringa i finansføretaka. Soliditeten i føretaka vert følgd opp gjennom ein kombinasjon av stadlege tilsyn, vurdering av risiko- og kapitalbehov i det einskilde føretak, dokumentbasert tilsyn, makroøkonomisk overvaking og stresstestar. Utviklinga i norsk og internasjonal økonomi vert følgd løpande, og det vert utarbeidd analysar og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet.

I 2022 la Finanstilsynet vekt på å føre tilsyn med at føretaka er solide og likvide, slik at dei har kraft til å møte negative hendingar. Gjennom stadlege tilsyn vart det avdekt at fleire av føretaka må styrkje styring og kontroll i eiga verksemd. Etter ei svekking av resultata til bankane i 2020, betra lønnsemda seg i 2021 og 2022. Ved utgangen av 2022 var soliditeten i finansføretaka tilfredsstillande. Ein bank oppfylde ved årsskiftet ikkje det samla kapitakravet og vert følgd særskilt opp av Finanstilsynet.

I 2022 gjennomførte Finanstilsynet 19 ordinære stadlege banktilsyn, mot 16 året før. Finanstilsynet gjekk gjennom og vurderte modellane til to av bankar som har eigne modellar for å berekne kapitalkrav (IRB), basert på bankane sine eigne estimat for risikoparameterar og vurderte søknader frå alle bankane som bruker IRB-modellar, om godkjenning av endringar i desse modellane (konklusjonar låg føre i 2023). Tilsynet gjennomførte i 2022 17 soliditets- og likviditetsvurderingar (SREP) og fatta pilar 2-vedtak for 42 føretak. Pilar-2-vedtak er krav til kapital i føretaka, ut over minste- og bufferkravet i pilar 1, for risikoane dei er utsette for. I 2022 var berekraftsrisiko tema under alle dei vanlege tilsyna med bankar, forsikringsføretak og pensjonskassar.

Robust infrastruktur

Robust finansiell infrastruktur er ein avgjerande føresetnad for sikre system for betalingar, handel, prissetjing og oppgjer i finansmarknaden. Låg risiko for systemsvikt og god beredskap for raskt å rette opp svikt er difor avgjerande. Gjennom konsesjonskrav og tilsyn med mellom anna finansføretak, betalingsføretak og infrastrukturføretak bidrar Finanstilsynet til at føretaka har tilfredsstillande styring og kontroll av IKT-risiko og annan operasjonell risiko. Overvaking av potensielle truslar mot IT-systema til verksemder er ei prioritert oppgåve, og det er løpande samarbeid med ulike styresmakter i Noreg for å ta vare på tryggleiken i den finansielle infrastrukturen.

Finanstilsynet følgde i 2022 særleg nøye med på kva effektar Russlands invasjon i Ukraina fekk på den finansielle infrastrukturen og marknaden generelt. Tilsynet hadde difor auka merksemd på verksemdsstyring og handtering av cyberrisiko i føretaka. Finanstilsynet og Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI), som tilsynet leiar, retta særleg merksemd mot verksemder som støttar viktige samfunnsfunksjonar. I 2022 nytta Finanstilsynet òg mykje ressursar på å følgje opp den finansielle kraftmarknaden og innverknaden på kraftderivat frå utfordringane i energisektoren.

Gjennom tilsyn, overvaking og kontroll følgde Finanstilsynet òg opp den operasjonelle risikoen i betalingssystema, oppgjerssystema og IKT-systema til alle føretaka underlagt tilsyn. Tilsynet registrerte 284 IKT-hendingar i 2022, og det vart gjennomført tilsyn med 22 ulike føretak om bruk av IKT-system og cybertryggleikstiltak.

Finanstilsynet følgde i 2022 òg utviklinga av ny finansiell teknologi (fintech) og ga rettleiing til nye, teknologibaserte aktørar i finansmarknadene. Finanstilsynet har sidan 2019 drifta ei regulatorisk sandkasse for fintech-verksemder, og samarbeider med Arkivverket, Datatilsynet og Digitaliseringsdirektoratet på dette fagfeltet. Opptaket til sandkassa er lagt om frå puljevis til løpande etter kvart som søknader kjem inn.

Vern av investorar

Påliteleg og tilstrekkeleg informasjon er naudsynt for å sikre at verdipapirmarknadene kan bidra til god prising og allokering av kapital. Finanstilsynet bidrar til at løpande og periodisk informasjon frå noterte føretak er rettvisande og rettidig, og at prospekt er i tråd med krav i verdipapirhandelloven. Finanstilsynets tilsyn med revisorar for mellom anna børsnoterte føretak, bidrar til at årsrekneskap held god kvalitet. Gjennom tilsyn med verdipapirføretak og effektiv og rask handheving av åtferdsreglane i verdipapirmarknaden, bidrar Finanstilsynet til marknadsdisiplin og til å ta vare på interessene til investorar og børsnoterte føretak.

Etter svært høg aktivitet med nynoteringar og emisjonar i 2020 og 2021, var aktivitetsnivået i 2022 tilbake på linje med åra før pandemien. I 2022 bidrog Finanstilsynet aktivt til godt investorvern gjennom informasjonstiltak, løpande tilsyn med verdipapirmarknaden og finansiell rapportering. Finanstilsynet utførte mellom anna tilsyn med 25 revisjonsføretak og 44 rekneskapsførarar, og kontrollerte totalt 105 prospekt og følgde opp finansiell rapportering frå 17 noterte foretak. Tilsvarande følgde tilsynet opp åtte brot på rapportering av shortsal, 39 brot på meldeplikta ved verdipapirhandel og 29 brot på flaggeplikta i 2022.

Forbrukarvern

Godt forbrukarvern er viktig for den einskilde forbrukar og for tilliten til aktørane i finansmarknaden. Tenestetilbydarane skal ta vare på interessene til kundane og ta omsyn til at kundane skal kunne forstå eigenskapane til produkta. Finanstilsynet følgjer opp forbrukarvernet gjennom tilsyn med at føretaka tilbyr og formidlar lån, forsikrings- og pensjonsprodukt, fondsprodukt og andre finansielle instrument og dessutan eigedomstransaksjonar på ein forsvarleg måte. Tilsynet med inkassoføretaka styrkjer òg forbrukarvernet. Oppfølging av soliditets- og tryggleikskrav bidrar til tryggleik for at produktleverandørane kan overhalde pliktene overfor kundane.

I 2022 sluttførte Finanstilsynet mellom anna eit tematilsyn for «telefoninkasso», gjennomførte tilsyn i to bankar som satsar på såkalla «omstartslån» til sårbare grupper og greip inn mot fleire tilfelle av ulovleg låneformidling på sosiale medium.

Finanstilsynet bidrog elles til forbrukarvernet ved til dømes å starte opp 8 og sluttføre 17 tilsyn med verdipapirføretak. Vidare vart det utført 14 tilsyn med eigedomsmeklingsføretak og 6 med inkassoføretak. Forbrukarane er avhengige av god informasjon, og Finanstilsynet svarte på mange førespurnader frå forbrukarane i 2022.

Effektiv krisehandtering

Beredskap for å kunne handtere kritiske situasjonar er viktig for tilliten til det finansielle systemet. Finanstilsynet har beredskap for å behandle kriser i så vel enkeltføretak som marknader, for å redusere risikoen for omfattande og varige skadeverknader for finanssektoren og kundar. Krav til at bankar og verdipapirføretak utarbeider gjenopprettingsplanar og at Finanstilsynet utarbeider krisehandteringsplanar, vil bidra til at kritiske forhold vert behandla tilfredsstillande. Beredskap for å kunne gje rask og relevant informasjon til befolkninga, er ein sentral del av kriseberedskapen. Det løpande tilsynsarbeidet gjev Finanstilsynet god kjennskap til verksemda i føretaka og bidrar til effektiv krisehandtering.

Finanstilsynet utarbeidde i 2022 13 krisetiltaksplanar og fastsett minstekrav til summen av ansvarleg kapital og konvertibel gjeld (MREL) for 13 bankar. I 2022 vurderte Finanstilsynet òg gjenopprettingsplanane til 7 bankar, mellom anna DNB og Kommunalbanken. Tilsynet følgde òg opp arbeidet med å avvikle Optin Bank ASA, som i 2021 vart den tredje norske banken eller bankfilialen sett under offentleg administrasjon sidan 1989.

Innsats mot økonomisk kriminalitet

Finanssektoren skal sjølv førebyggje at finansføretak og andre aktørar vert utnytta i kriminelle aktivitetar. Finanstilsynet fører tilsyn med at føretaka etterlever pliktene i regelverket for nedkjemping av kvitvasking og terrorfinansiering. Finanstilsynet fører òg tilsyn med at aktørane i verdipapirmarknaden overheld reglane mot innsidehandel og marknadsmisbruk. Ulovleg verksemd svekkjer tilliten til finansmarknadene og undergrev verksemda for føretak som driv innanfor regelverket. Tilsynsverksemda bidrar til å førebyggje kriminalitet i føretak under tilsyn. Ved mistanke om alvorleg økonomisk kriminalitet, vert forholdet meldt til politiet.

Fleire bankar har dei siste år auka innsatsen mot kvitvasking og terrorfinansiering. Samstundes har tilsyn avdekt mange tilfelle av svak etterleving av regelverket. Finanstilsynet har, til liks med andre europeiske tilsynsstyresmakter, trappa opp aktiviteten på dette området. I 2021–2022 gjennomførte den europeiske sentralbanken (EBA) ei evaluering av Finanstilsynet sitt kvitvaskingstilsyn med bankar. Tilsynet følgjer no opp tilrådingane frå EBA.

I 2022 utførte Finanstilsynet mellom anna stadleg kvitvaskingstilsyn i 5 bankar og 1 dokumentbasert kvitvaskingstilsyn med alle bankar i Noreg, i tillegg til kvitvaskingstilsyn med over 70 andre typar rapporteringspliktige føretak. I 2022 fekk 3 bankar, 2 revisjonsføretak, 5 rekneskapsførarar og 4 eigedomsmeklingsføretak lovbrotsgebyr for manglande etterleving av regelverket mot kvitvasking.

Den russiske invasjonen i Ukraina endra kriminalitetsbiletet med mellom anna auka risiko for omgåing av sanksjonar. I 2022 bidrog Finanstilsynet i oppdateringa av rettleiaren for frysføresegnene (finansielle sanksjonar) og hjelpte elles til i gjennomføringa av EUs sanksjonspakker mot Russland.

Samla resultatvurdering

Krigen i Ukraina, etterdønningar av pandemien, problem på energimarknaden og krise i amerikanske bankar påverka finansmarknadene, og i noko grad arbeidet og prioriteringane til Finanstilsynet i 2022. Samstundes vart aktivitetane i all hovudsak gjennomført som planlagt, og departementet meiner at resultata for Finanstilsynet i 2022 samla sett er tilfredsstillande.

Auka digitalisering av Finanstilsynet sine prosessar har bidratt til å effektivisere arbeidsprosessar i ei tid då tilsynet framleis må vente stramme budsjett. Det er viktig at Finanstilsynet held fram med å ha merksemd på digitaliseringsarbeidet, både i det pågåande digitaliseringsprosjektet og i løpande drift og utvikling. Etter kvart som nye prosessar vert digitaliserte, skal det leggjast vekt på gevinstrealisering. Sjå òg nærare omtale under Mål og prioriteringar i 2024.

Viktige utfordringar framover

Det er stor uvisse omkring utviklinga i realøkonomien og finansmarknadene framover, både i Noreg og internasjonalt. Monaleg høgare renter internasjonalt og i Noreg gjer det tyngre å betene gjeld, og endrar marknadsverdien på finansielle instrument, fast eigedom og anna. I Noreg er mykje gjeld i hushalda og høge prisar på bustader og næringseigedommar dei viktigaste sårbarheitene i det finansielle systemet. God soliditet er avgjerande for bankane si evne til å bere tap og yte lån i nedgangstider, og Finanstilsynet må gjennom ulike verkemiddel bidra til dette. Finanstilsynet må både som tilsynsstyresmakt og som krisehandteringsstyresmakt vere førebudd på å handtere problem som kan oppstå i finansføretaka.

Finanssektoren held fram med digitalisering og utvikling av nye løysingar og tenester. I tillegg til endringane som finansforetaka sjølve driv fram, kjem nye aktørar inn med nye tilbod. Nye tenester og aktørar kan gi større sårbarheitsflater for finanssystemet samla, medan utkontrakteringa av IKT-drift kan medverke til meir komplekse og lengre leverandørkjeder som er sårbare for angrep eller operasjonell svikt. Risikoen knytt til digitale angrep har fått auka merksemd, mellom anna som følgje av krigen i Ukraina. Dei tette samankoplingane i det finansielle systemet inneber at alvorlege enkelthendingar raskt kan påverke andre tenester og systemet som heilskap. Ei viktig oppgåve for Finanstilsynet i tilsynsverksemda er å bidra til robuste IKT-system og god beredskap.

Dei finansielle aktivitetane over landegrensene i EØS-området er omfattande. Det felleseuropeiske regelverket er i aukande grad basert på fullharmonisering, og det føreset omfattande harmonisering av tilsynspraksisen i regi av dei felleseuropeiske tilsynsstyresmaktene. Regelverket vert stadig utvikla for å handtere endringar i marknadene. Forvaltinga av regelverket og deltakinga i tilsynssamarbeidet krev alt mykje ressursar i Finanstilsynet, og omfanget vil truleg verte større i åra framover.

Som følgje av målet om at Europa skal verte klimanøytralt innan 2050, er det vedtatt fleire omfattande EU-reglar på finansområdet som skal bidra til å skyve kapital over i berekraftige investeringar og fremje openheit og transparens. Krav til informasjon om klima og berekraft knytta til føretaka si verksemd vert vesentleg utvida. Vidare skal finansføretak inkludere berekraftsrisiko i vurderingar av risiko og kapitalbehov. Mellom anna skal det utviklast klimascenario, som skal nyttast i analysar og stresstestar. Utviklinga på dette området vil krevje at Finanstilsynet følgjer opp at viktige delar av nytt regelverk vert etterlevd av føretaka.

Raske samfunnsendringar, teknologisk utvikling, nye oppgåver og stramme budsjett gjer det naudsynt for Finanstilsynet å kontinuerleg utvikle verksemda. Digitalisering, rasjonelle arbeids- og samarbeidsformar og god kompetanse er sentrale verkemiddel for å sikre ei risikobasert, forsvarleg og kostnadseffektiv tilsynsverksemd. I åra framover vil difor mellom anna digitalisering av prosessar, kompetanseutvikling og arbeidet med å rekruttere marknadsattraktiv kompetanse vere viktig.

Mål og prioriteringar i 2024

samfunnsoppdraget til Finanstilsynet er utdjupa i seks hovudmål. Det er fastsett følgjande hovudmål for Finanstilsynet for 2024:

  • Solide og likvide finansføretak

  • Robust infrastruktur

  • Vern av investorar

  • Forbrukarvern

  • Effektiv krisehandtering

  • Innsats mot kriminalitet

Departementet ventar at resultata i 2024 samla sett minst skal vere på same nivå som i 2022. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I oppfølginga av etaten tar departementet omsyn til at dette er mål der oppfyllinga vert påverka av mange forhold, som Finanstilsynet ikkje direkte kan styre, men der Finanstilsynet kan bidra til at måla vert nådde.

Viktige prioriteringar i 2024 vert:

Makrotilsyn

Finanstilsynet skal òg i 2024 leggje vekt på makrotilsyn og utviklinga i makroøkonomiske forhold. Den usikre økonomiske situasjonen som følgje av mellom anna krigen i Ukraina, høg inflasjon og renteoppgang, gjer dette særleg viktig. Erfaringar har vist at risiko i makroøkonomien kan skape finansielle kriser, og makrotilsyn må difor vere ein viktig del av grunnlaget for eit effektivt tilsyn. Makrotilsynet skal vere særleg retta mot den gjensidige påverknaden innanfor det finansielle systemet og mellom det finansielle systemet og realøkonomien. Dette arbeidet har òg stor betydning for føresetnadene Finanstilsynet har for å gje råd til Finansdepartementet om makroregulering, inkludert reguleringa av utlånspraksis i bankane og krav til soliditet og likviditet.

Arbeid med soliditet og likviditet i finansføretaka

Gjennom stadlege tilsyn, oppfølging av dei interne modellane som dei største føretaka bruker og anna løpande tilsynsverksemd, skal Finanstilsynet bidra til at føretaka har god soliditet, er likvide, har robust finansiering, eigna leiing og ei forsvarleg risiko- og verksemdstyring. Finanstilsynet skal òg medverke til dette overfor utanlandske føretak i Noreg, mellom anna i samarbeidet med andre tilsynsstyresmakter og i val av tiltak, som Finanstilsynet set i verk eller tilrår av omsyn til risikotilhøva på den norske marknaden. Solide og likvide finansføretak og god verksemdstyring er ein føresetnad for finansiell stabilitet, der norske og utanlandske føretak i Noreg er i stand til å oppfylle sine plikter overfor kundane og kan ta hand om sine samfunnsfunksjonar. Klimarisiko skal òg inngå i tilsyn med risiko og risikostyring i føretaka, medan nye reglar om verdipapirisering mellom anna vil føresette at Finanstilsynet kontrollerer at kredittrisiko vert overført til investorane.

Tilsyn med distribusjon av utlån, pensjons- og fondsprodukt samt andre finansielle instrument

Pensjonsprodukt med investeringsval og sparing i fondsprodukt inneber at kundane sjølv ber avkastningsrisikoen, og gjennom låneopptak pådrar kundane seg gjeld. Gjennom tilsyn skal Finanstilsynet i 2024 medverke til at føretaka tilbyr og formidlar produkta på ein forsvarleg måte. Føretaka skal ta vare på interessa til kundane og ta omsyn til føresetnadene deira for å forstå produkteigenskapane og konsekvensar av sine avgjerder. Oppgåvene til Finanstilsynet er utvida gjennom strengare krav til distributørar av forsikringsprodukt og gjennom nye krav til distributørar av utlån til forbrukarar. Ny lov om låneformidling vart sett i kraft 1. juli 2023 og inneber at Finanstilsynet i 2024 må rekne med å bruke ressursar på å behandle søknader om konsesjon og registrering frå mange nye aktørar.

Tilsyn med forvaltning av tenestepensjonsordningar

Dei private tenestepensjonsordningane har gått gjennom monalege endringar dei siste åra. Mellom anna er det innført eigen pensjonskonto i innskotsordningar og regelverket for forvaltning av pensjonsmidlar i garanterte pensjonsprodukt er endra. Finanstilsynet må òg sjå til at føretaka tar vare på kundene sine interesser og tar omsyn til deira føresetnader for å forstå produkteigeneskapar og konsekvensar av valg, når det gjeld kollektive pensjonsprodukt med investeringsval. For garanterte pensjonsprodukt må Finanstilsynet mellom anna sjå til at høvet til meir fleksibel bruk av avkastningsoverskot ikkje fører til urimelege forskjellar mellom elles like kundar og kundegrupper, og følgje med på om ordninga med eit nytt fleksibelt bufferfond kjem kundane til gode.

Tilsyn med aktørane i betalings-, handels- og oppgjerssystema og annan finansiell infrastruktur

Alvorleg svikt eller samanbrot i den finansielle infrastrukturen kan ramme finanssektoren og vitale samfunnsfunksjonar hardt. Nye og avanserte digitale løysingar og nye aktørar og leverandørar kan medverke til auka effektivitet, men kan òg auke risikoen i det finansielle systemet. Finanstilsynet skal bidra til at aktørane har tilfredsstillande styring og kontroll av IKT-risiko, cyberrisiko og annan operasjonell risiko.

Tilsyn med etterleving av kvitvaskings- og terrorfinansieringsregelverket

Manglande etterleving av kvitvaskings- og terrorfinansieringsregelverket aukar risikoen for at føretaka vert brukte til kriminalitet, og det aukar risikoen for omdømetap for føretaka og sviktande tillit til det finansielle systemet. Tilsynsverksemda har avdekt vesentlege svakheiter i etterleving av kvitvaskingsregelverket hos finansføretaka og andre rapporteringspliktige, og arbeidet må i 2024 framleis ha prioritet.

Krisehantering og beredskap

Det er viktig at Finanstilsynet har tilstrekkeleg beredskap for å kunne handtere eventuelle økonomiske problem i finansføretaka og forstyrringar i den finansielle infrastrukturen. Finanstilsynet må òg i 2024 ta omsyn til uvissa om den økonomiske utviklinga og eit skjerpa trugselbilete i prioriteringa av ressursar på dette feltet. I tillegg kjem det endringar i dei felleseuropeiske regelverka for bankkrisehandtering og digital motstandskraft som Finanstilsynet må følgje opp i sitt arbeid.

Tilsyn med verdipapirmarknaden

Finanstilsynet må òg i 2024 følgje opp etterlevinga av reglar knytt til verdipapirmarknaden. Vidare er det forslag frå eit offentleg utval om at dei offentlege oppgåvene som i dag er delegerte til Oslo Børs og som gjeld oppfølging av pliktige tilbod og løpande informasjonsplikt, skal overførast til Finanstilsynet. Departementet behandlar desse forslaga.

Overvaking av nye teknologiar og marknadar

Teknologiske endringar i korleis finansielle transaksjonar kan gjennomførast og kva for eigedelar som kan omsetjast i digitale marknader, kan skape eit uoversiktleg bilete for styresmakter og forbrukarar. Finanstilsynet må følgje med på utviklinga og vurdere kva risiko ho utgjer for den norske finansmarknaden og for norske forbrukarar.

Regelverksutvikling

Finanstilsynet skal òg i 2024 delta i internasjonal regelverksutvikling og løyse oppdrag frå Finansdepartementet. Dette mellom anna for å tilpasse reglane til nye EØS-reglar, den teknologiske og marknadsmessige utviklinga i Europa og Noreg, samt til endringar i mål og forventningar hos ålmenta om kva for problem finansmarknadsreguleringa skal løyse.

Digitaliseringsarbeid

Finanstilsynet er frå 2022 inne i eit femårig digitaliseringsprosjekt som forsterkar det generelle digitaliseringsarbeidet i tilsynet. Resultata så langt har vore gode, og det er viktig at dette held fram i 2024. Prosjektet rettar seg særleg mot automatisering av forvaltningsoppgåver, digitalisering av tilsynsprosessar, meir effektiv rapportering og datafangst, betre analyseløysingar og auka deling av data. Arbeidet skal medverke til effektivisering, forenkling og betre kvalitet i tilsynsarbeidet. For næringslivet skal satsinga på sikt gje lågare kostnader i form av enklare rapportering og mindre dobbeltrapportering, lettare tilgang til tal og meir effektiv samhandling med Finanstilsynet.

Budsjett for 2024

Regjeringa foreslår å setje budsjettramma til Finanstilsynet for 2024 til 555 mill. kroner. Dette er 10,9 pst. høgare enn Saldert budsjett 2023. Løyvinga skal brukast i samsvar med måla og prioriteringane som er omtalte ovanfor.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2024 foreslås ei løyving på 518,9 mill. kroner som er 11,7 pst. høgare enn Saldert budsjett 2023. Hovudårsaken til auka er opptrappinga av styrkinga av Finanstilsynet, som vart vedtatt i 2023-budsjettet. Dette medfører i seg sjølv ein auke i løyvinga på 25,5 mill. kroner. Forslaget inneber òg ein auke i løyvinga på posten på 2,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 45, dette for å styrkje den tekniske kompetansen internt i tilsynet for å få ein betre balanse mellom interne og eksterne ressursar i digitaliseringsarbeidet. Elles heng auka saman med prisjusteringar. Finanstilsynet må framleis leggje stor vekt på å sikre rasjonell og effektiv drift.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for IKT-systema i Finanstilsynet og effektivisering av tilsynsprosessar. Nye krav til tilsyn og tilsynsmetodar stiller omfattande krav til tilpassingar og utvikling av IKT-system som støtte for tilsynsarbeidet. For 2024 gjeld det mellom anna vidare arbeid med å tilfredsstille nye og endra europeiske rapporteringskrav og leggje til rette for naudsynt analyse. Arbeid med å modernisere Finanstilsynets samla IKT-plattform, samt følgje opp tiltaka i digitaliseringsstrategien, vil verte prioritert. For 2024 forslås det å løyve 36,1 mill. kroner. Utanom prisjusteringar inneber forslaget ein reduksjon i løyvinga på 2,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på post 01, jf. omtale over.

Kap. 4602 Finanstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

03

Sakshandsamingsgebyr

13 796

13 200

14 000

86

Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.

8 710

500

500

Sum kap. 4602

22 506

13 700

14 500

Post 03 Sakshandsamingsgebyr

Posten omfattar hovudsakleg gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Vidare inngår gebyr for behandling av søknader om å drive verksemd som betalingsføretak og e-pengeføretak, om inkassoløyve og om løyve til å opptre som opplysningsfullmektig.

Finanstilsynet skal sjå til at gebyra i størst mogleg utstrekning reflekterer dei reelle kostnadene ved saksbehandlinga. Eventuelle avvik mellom dei pålagde gebyra og kostnadene Finanstilsynet har ved prospektkontroll, vert fordelte året etter på dei noterte føretaka, anten som ei tilleggsutlikning eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter.

Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førde på kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, tilsynsavgift.

Gebyr ved tildeling av inkassoløyve er fire gonger rettsgebyret. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for inkassoføretaka. Saksbehandlingsgebyr for betalingsføretak og e-pengeføretak, samt opplysningsfullmektig, er fastsett i forskrift til kroner 30 000. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for betalingsføretak og e-pengeføretak og opplysningsfullmektig.

Post 86 Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.

Vinningsavståing og gebyr for regelbrot med meir vert rekneskapsførte under Finanstilsynet sitt inntektskapittel. Desse er ikkje ein del av grunnlaget for utlikning av tilsynsavgift. Det er vanskeleg å anslå storleiken på inntektene då dei heng saman med om Finanstilsynet avdekkjer forhold som gir grunnlag for reaksjonar. Budsjettet vert difor sett til kr 500 000 ved inngangen av året.

Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane

487 433

508 318

565 046

Sum kap. 5580

487 433

508 318

565 046

Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt ut dekte av føretaka som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Finansieringa av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Lovreglane er supplerte med forskrifter. Brukarbetalinga er ein funksjon av budsjetterte tilsynsutgifter same året. I tillegg til utgiftene på kap. 1602 kjem posteringar på kap. 1633 Nettordning, statleg betalt meirverdiavgift, og til frådrag kjem inntektene på kap. 4602 Finanstilsynet, post 03 Sakshandsamingsgebyr. Dessutan kan utlikningsgrunnlaget i 2024 korrigerast med verknader av løyvingsendringar etter Saldert budsjett 2023, mellom anna i samband med lønsoppgjeret.

Betalinga frå tilsynseiningane i 2024 er budsjettert til drygt 565 mill. kroner. I tillegg kjem inntektene frå saksbehandlingsgebyr, jf. omtale ovanfor.

Kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

986 134

909 884

973 804

22

Opplæringskontoret OK stat

11 425

11 200

12 809

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

23 546

17 900

19 366

Sum kap. 1605

1 021 105

938 984

1 005 979

Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har som samfunnsoppdrag å bidra til effektiv ressursbruk i staten og til at staten når sine mål gjennom god styring, organisering, leiing og gode avgjerdsgrunnlag.

DFØ leverer fellestenester på løn og rekneskap og forvaltar konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning. DFØ inngår og forvaltar felles innkjøpsavtalar på vegne av statlege verksemder. DFØ forvaltar utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket for staten og formidlar kunnskap om korleis statlege verksemder skal etterleve dei to regelverka. DFØ gjer analysar av organisering og verkemåte i forvaltninga, gjev faglege råd og rettleiing om mellom anna mål- og resultatstyring, samfunnsøkonomiske analysar, leiing, arbeidsgjevarrolla, tilskot og offentlege innkjøp. DFØ utarbeider og tilbyr verktøy for å utvikle statleg styring og leiing. DFØ gjev leiarar og tilsette i statlege verksemder tilbod om kompetanseutvikling på sine fagområde. Innanfor fagområda sine undersøkjer og analyserer DFØ tilstand, utvikling og endringsbehov i norsk forvaltning. DFØ skal sørgje for ei heilskapleg tilnærming og utvikling av områda dei har ansvar for.

DFØ er lokalisert i Stavanger, Trondheim og Oslo, der to av dei tilsette ved kontorstaden i Oslo arbeider fast frå eit kontor i Harstad. Verksemda hadde per 31. desember 2022 ei bemanning tilsvarande 699 utførte årsverk.

Resultat i 2022

Finansdepartementet fastsette nye hovudmål for DFØ frå 2021. Måla uttrykker dei ynskte effektane av DFØs samla verkemiddelbruk.

Hovudmål 1: DFØs kundar har effektiv økonomistyring

DFØ leverer løns- og rekneskapstenester til 92 pst. av statlege verksemder, og andelen aukar jamt. Ved å tilby standardiserte løns- og rekneskapstenester med eit stort volum, oppnår staten stordriftsfordelar. I 2022 vart ni nye verksemder kundar av DFØ, nokre av dei er store og komplekse verksemder. Kundeopptaka har kravd særskilt innsats frå DFØ i 2022 og dei siste åra.

DFØs økonomitenester er kostnadseffektive. Kostnadane per lønsslipp, faktura og liknande er lågare i 2022 enn i tidlegare år. Dei frigjorde ressursane vert av DFØ nytta til å dekkje auka kostnader elles og til å forbetre tenestene og tenestetilbodet. DFØ utviklar stadig nye tenester og systemløysingar for sine kundar, og kundane tek dei stadig meir i bruk. I 2022 har etaten mellom anna arbeidd vidare med systemløysing for HR og lokale lønsforhandlingar, og starta eit arbeid med nytt system for periodeavslutningar i rekneskapen. Fleire kundar vart i 2022 ført over på ny løysing for innkjøp og fakturabehandling.

I kunde- og brukarundersøkinga i 2022 svarte 58 pst. av kundane at økonomitenestene frå DFØ medverkar til effektivitet og gevinstar for verksemda. Vidare meinte 67 pst. av kundane at tenestene til DFØ gjev god støtte i styringa av verksemda og at DFØs økonomiske data er lett tilgjengelege. Begge resultata er lågare enn etaten si eiga målsetjing på område. DFØ meiner det kan vere grunn til å tru at resultata er mellombelse, og at dei har si årsak i ein kombinasjon av fleire forhold: mellom anna krevjande kundeopptak og utfordringar i overgangen til nye systemløysingar. Andel rett løn til rett tid er 100 pst., det same gjeld andelen rekneskap rapportert til statsrekneskapen til rett tid.

Hovudmål 2: Offentleg sektor gjer effektive og berekraftige innkjøp som bidrar til å fremje innovasjon

I 2021 vart om lag 650 mrd. kroner nytta til innkjøp over offentlege budsjett. DFØ er staten sitt fagorgan for offentlege innkjøp. Ansvaret inneber mellom anna å gje råd, rettleiing og å formidle kunnskap om innkjøp i offentleg sektor. DFØ arbeider òg for å effektivisere offentlege innkjøp, mellom anna gjennom felles innkjøpsavtalar og høg merksemd på etterlevinga av regelverket for offentlege innkjøp.

DFØ rapporterer om at fleire verksemder har strategiar for innkjøp, og at verksemdene har auka merksemd på klima, miljø og innovasjon i 2022 enn tidlegare. Det same gjeld arbeid med oppfølging av kontraktar. I 2022 har DFØ mellom anna prioritert arbeid med innovasjon og berekraft, statlege innkjøpsavtalar og digitalisering.

Tenestene frå DFØ på området er etterspurde, og etaten ser i 2022 ein auke i bruk av digitale verktøy i offentlege innkjøp. Kunde- og brukarundersøkinga syner at 76 pst. av brukarane er samde i at DFØs tenester på innkjøp skaper auka effektivitet og gevinstar. Vidare rapporterer DFØ om at Statens innkjøpssenter inngjekk tre nye innkjøpsavtalar i 2022. Innkjøpsordninga er obligatorisk for sivile verksemder i statsforvaltninga, men verksemdene kan melde fråvalg i enkeltkonkurransar. Ordninga gjev effektiviseringsgevinstar på tvers.

Hovudmål 3: Statsforvaltinga byggjer på kunnskap, er utviklingsorientert og har god styring, organisering og leiing

DFØ har ei rekkje verkemiddel for å bidra til at statsforvaltninga har god styring, organisering og leiing. Mellom anna tilbyr etaten kompetansetenester, forvaltar regelverk og felles standardar og system for statsforvaltinga. Etaten gjer òg analysar og utreiingar som aukar kunnskapen på fagområda.

Kompetansetenester på fagområda styring, organisering og leiing

Kompetansetenestene til DFØ består mellom anna av kurs, rettleiingar, verktøy og metodar. DFØ tilbyr ei rekkje digitale kurs til ulike målgrupper i forvaltninga, og vidareutvikling av kurstilbodet til medarbeidarar har dei siste åra vorte prioritert. I 2022 var 84 pst. nøgd med kompetansetenestene, noko lågare enn i 2021. På fagområdet statleg styring har DFØ utvikla rettleiinga frå overordna metodar til meir praksisnær rettleiing, til dømes sjekklister, malar og samlingar av eksempel. DFØ vidareutviklar sine kompetansetenester i dialog med brukarar og i tråd med dei behov som eksisterer i forvaltninga.

I 2021 og 2022 har DFØ utvikla og levert eit digitalt tilbod for leiarar i staten. «Ny som leiar i staten» samlar fleire ulike digitale kompetansetiltak og gjev nye leiarar ei innføring i rammene for styring og leiing i staten. Program for toppleiargrupper i staten har vore ein viktig leveranse til toppleiarane i forvaltninga sidan piloten i 2015. Programmet vert avslutta i 2022. Totalt har 62 toppleiargrupper og nesten 500 leiarar gjennomført programmet. DFØ har i 2022 starta arbeidet med eit nytt tilbod til toppleiarar i staten.

Statens arbeidsgjevarstøtte er eit tilbod til alle verksemder i det statlege tariffområdet, òg til dei som ikkje er økonomitenestekundar av DFØ. Brukarane kan både spørje skriftleg og drøfte problemstillingar munnleg, og brukarane er om lag like nøgd i 2022 som tidlegare. Det same gjeld brukarane si vurdering av Statens arbeidsgjevarportal. Tenesten vert i aukande grad nytta for å finne arbeidsgjevarpolitisk fagstoff, verktøy, maler og erfaringar frå andre verksemder. Talet på sidevisningar stig jamt over tid. DFØ har òg utvikla ei verktøykasse på portalen som understøttar dei statlege verksemdene sitt arbeid med tillitsreforma, mellom anna tilbod om tillitsbasert leiing og kompetanse om partssamarbeid.

Forvalting av regelverk, standardar og felles system i statsforvaltninga

Gjennom forvaltinga av regelverket for økonomistyring i staten og forvaltinga av utgreiingsinstruksen, bidrar DFØ til at statleg styring er tilpassa eigenart, risiko og vesentlegheit, og at styringa er retta mot overordna mål og effektiv ressursbruk. Kompetansetenestene på området skal gjere det tydeleg for departementa og statlege verksemder kva krav regelverket set og kva som er god praksis for utøving av statleg arbeidsgivarrolle, styring, gode avgjerdsgrunnlag og leiing. Kunde- og brukarundersøkinga i 2022 syner at 82 pst. av brukarane meiner at regelverksforvaltinga i DFØ er tydeleg og kunnskapsbasert. Vidare oppgjev 77 pst. at dei er nøgde med DFØs tenester knytta til utgreiingsinstruksen. Tilsvarande tal i 2021 var 92 pst. DFØ peiker på at undersøkinga har få respondentar, noko som bidrar til tilfeldige variasjonar mellom åra.

Kunde- og brukarundersøkinga i 2022 syner at 89 pst. av brukarane jamt over er nøgde med betalingsformidlingstenestene. DFØ inngjekk i 2022 nye rammeavtalar med bankane på vegne av statsforvaltninga om tenester innan betalings- og kontoholdstenester. DFØ inngjekk òg rammeavtalar om kontantkort for utbetalingar til personar utan bankkonto. DFØ forvaltar og vidareutviklar den obligatoriske ordninga for statsrekneskapen. Kunde- og brukarundersøkinga syner at brukarane i 2022 var jamt over like nøgde med DFØs tenester for rapportering til statsrekneskapen, inkludert rådgjeving, som i 2021.

Opplæringskontoret for statlege verksemder (OK stat) har vidareført arbeidet med å få statlege verksemder til å verte lærebedrifter. OK stat har arbeidd for å auka talet på lærlingar i staten, særleg i Nord-Noreg. OK stat hadde i 2022 medlemar med lærlingar frå alle fylkeskommunar. Ved utgangen av 2022 var det registrert 225 lærlingar fordelt på 117 statlege medlemsverksemder.

Analysar og utgreiingar

DFØ har dei seinaste åra gjort fleire analysar og utgreiingar som aukar kunnskapen om statleg styring, organisering og statleg forvaltning. Desse analysane bidrar òg til auka kunnskap om utviklingstrekk, samanhengar og trendar i forvaltninga over tid, og er eit relevant kjeldegrunnlag i proposisjonar og meldingar til Stortinget samt offentlege utgreiingar. Evalueringar og tilbakemeldingar frå brukarane syner at DFØs analysar vert oppfatta som nyttige. I 2022 gjev oppdragsgivarane analysane ein gjennomsnittleg skår på over 5, på ein skala frå 1–6.

DFØ fekk i 2021–2022 eit utvida mandat til å støtte Finansdepartementet i arbeidet med betre ressursbruk. Det inkluderer mellom anna å arbeide med områdegjennomgangar og å hjelpe til med auka kunnskap og merksemd om effektiv ressursbruk i forvaltninga. DFØ deltok i tre områdegjennomgangar i 2022: områdegjennomgang om læring frå koronapandemien, bustadløysingar og helse- og omsorgstenester til eldre, og ein områdegjennomgang om bruk av einskildståande tilskot i staten. DFØ har òg bidratt i Finansdepartementets arbeid med å utvikle rammeverk for områdegjennomgangar.

Hovudmål 4: Offentlegheita kan enkelt ta i bruk informasjon om resultat og ressursbruk i forvaltninga

Gjennom forvalting av statsrekneskapen og produksjon av statistikk og rapportar, bidrar DFØ til å gje offentlegheita informasjon om statleg ressursbruk. DFØs ansvar for forvalting av statsrekneskapen inkluderer mellom anna å levere månadlege løyvings- og kapitalrekneskap til departementa og årleg å setje opp desse to rekneskapane til den årlege stortingsmeldinga om statsrekneskapen. DFØs nettsider for rapportar og statistikk vert hyppig nytta og inneheld ei rekkje produkt som får mykje merksemd.

Portalen statsregnskapet.no gjev rekneskapsinformasjon frå statlege verksemder tilgjengeleg og gjer det mogleg å samanlikne på ein enkel måte. Portalen gjev publikum enklare og betre tilgang til informasjon om statleg ressursbruk. I 2022 svarte 52 pst. av brukarane i kunde- og brukarundersøkinga at dei er nøgde med statsregnskapet.no, medan 74 pst. var nøgde med månadlege løyvings- og kapitalrekneskapen til departementa. Spesielt resultata for tilfredsheita med statsregnskapet.no er uventa og på eit lågare nivå enn tidlegare år. Samstundes er det ei positiv utvikling i talet på besøk i portalen, med ein auke på 5 pst. frå 2021 til 2022. DFØ peiker på at undersøkinga har få respondentar, noko som bidrar til tilfeldige variasjoner mellom ulike år.

DFØ lanserte to nye digitale tenester i 2022. Gjennom nettportalen for kunnskapsdokument i offentleg sektor (KUDOS) får offentlegheita tilgang til evalueringsrapportar og liknande dokument, som belyser måloppnåing, resultat og effektivitet i statsforvaltninga på éin stad. Nettportalen tilskudd.no, eit samarbeid med Kulturdepartementet, gjev tilgang på informasjon om tilskotsordningar for frivillig sektor, kven som har fått tilskot og kor mykje.

Samla resultatvurdering

Finansdepartementet meiner DFØs resultat i 2022 i hovudsak er i tråd med forventningane frå departementet. DFØ har fullført ei rekkje krevjande kundeopptak og har samstundes arbeidd vidare med å effektivisere økonomitenestene. DFØ har óg levert enkeltoppdrag og leveransar med jamt over god kvalitet. Sjølv om DFØ på enkelte område har opplevd ein nedgang i brukarane og kundane si tilfredsheit, vurderer departementet resultata samla sett som tilfredsstillande.

Viktige utfordringar framover

Dei seinare åra er fleire fagområde som er viktige i arbeidet med å leggje til rette for effektiv ressursbruk og bidra til ei kunnskapsbasert og utviklingsorientert forvaltning samla i DFØ. Dette legg til rette for ei meir samordna utvikling av fagområda. I åra framover vil det være viktig at DFØ arbeider med å hente ut synergieffektar mellom fagområda og bidrar til at statlege verksemder kan få betre og meir heilskaplege tenester innanfor DFØ sine fagområde.

På økonomiområdet leverer DFØ fellestenester som gjev synergiar og stordriftsfordelar for staten. For å kunne gjere dette må direktoratet vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar, mot behovet for spesialtilpassingar for einskildverksemder eller grupper av verksemder. Talet på kundar av DFØs økonomitenester har dei siste åra auka raskt, og direktoratet har teke opp fleire store verksemder som kundar. DFØ må i tida framover tryggje drifta samstundes som etaten fortsett å utvikle nye løysingar som gjer DFØ i stand til å tilby effektive løns- og rekneskapstenester i staten. Kundane til DFØ etterspør tenester tilpassa deira interne system og nye løysingar på løn- og rekneskapsområde, samt fleire og utvida tenester på tilgrensande område. Mange ynskjer òg å betale for å få levert fleire og betre tenester innan løn og rekneskap. Det kan være utfordrande når DFØ samstundes skal bidra til å realisere stordriftsfordelar for staten. Det vil likevel vere ei god løysing for staten samla sett at DFØ tilpassar eller utviklar løysingar, dersom dei kan kome til nytte for fleire verksemder. For å tilby løysingar til desse kundane, kan DFØ utvikle løysingar, finansiert av einskilde kundar, men som òg skal kunne nyttas av andre kundar. I tida som kjem vil det være viktig å halde staten sine interesser under eitt opp mot behova i einskilde verksemder.

Mål og prioriteringar i 2024

Finansdepartementet fastsett desse hovudmåla for DFØ for 2024:

  • DFØs kundar har effektiv økonomistyring

  • Offentleg sektor gjer effektive og innovative innkjøp som bidrar til å fremje grøn omstilling og berekraftig utvikling

  • Statsforvaltninga byggjer på kunnskap, er utviklingsorientert og har god styring, organisering og leiing

  • Offentlegheita kan enkelt ta i bruk informasjon om resultat og bruk av ressursar i forvaltninga

Departementet ventar at resultata i 2024 samla sett skal vere minst like gode som i 2022. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet.

Viktige prioriteringar i 2024 vert:

Offentleg ressursbruk

Det er ein ambisjon å utvikle direktoratet til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk. DFØ støtter Finansdepartementet i arbeidet med områdegjennomgangar og andre analysar av offentleg ressursbruk. DFØ skal mellom anna gjennomføre delar av eller heile områdegjennomgangar og bidra med metodeutvikling.

Direktoratet skal òg leggje til rette for betre produksjon og bruk av data for effektiv ressursbruk. Føremålet er at forvaltninga skal kunne forbetre eigen ressursbruk og måloppnåing og å lette arbeid med analysar på tvers av verksemder og område. DFØs arbeid med offentleg ressursbruk krev ei heilskapleg tilnærming på tvers av fagområda i direktoratet.

Innføring av felles rekneskapsstandardar i statlege verksemder

Finansdepartementet har fastsett at dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) skal vere obligatorisk for alle statlege verksemder, med ein innføringsperiode fram til 2027 for dei verksemdene som ikkje allereie nyttar SRS, jf. omtale i Prop. 1 S (2021–2022). Felles rekneskapsstandardar kan bidra til å gjere det enklare å analysere og samanlikne ressursbruken i staten. DFØ vil støtte verksemder som skal ta i bruk obligatorisk SRS i innføringsperioden, mellom anna med rettleiing og tilpassa kompetansetiltak. DFØ har etablert ein plan med departementa for puljevis innføring for verksemder der DFØ er tenesteytar. Første pulje har innført SRS frå 2023, og andre pulje har starta opp arbeidet og skal etter planen ta i bruk SRS frå 2024.

Tillitsreforma i offentleg sektor

Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gjev innbyggjarane gode tenester, valfridom og medverknad. Tillitsreforma legg til rette for at utvikling skal skje lokalt og i samarbeid med partane. Målet er å nytte kompetanse mellom dei tilsette til å utvikle betre tenester til innbyggjarane i heile landet. DFØ har eit ansvar for å gje råd til, og å støtte dei statlege verksemdene i dette arbeidet ved å leggje til rette for relevante verktøy og læringsarenaer som understøttar arbeidet.

Rettleiing om klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp

I 2022 kjøpte det offentlege byggje- og anleggsarbeid, varer og tenester for over 740 mrd. kroner. Korleis desse midlane vert nytta, påverkar private verksemders marknadsåtferd, og påverkar kor grøn og innovativ offentleg sektor og næringslivet vert. Offentleg etterspurnad etter klima- og miljøvennlege løysingar kan bidra til å styrkje marknadene for berekraftige varer og tenester generelt, og ha verknader ut over den enkelte kontrakten. Forutsetnaden er at innkjøpa vert brukt på ein god måte. Det krev kompetanse hos innkjøparane.

Arbeidet med å utvikle tilstrekkeleg statistikk og styringsinformasjon om grøne offentlege innkjøp skal vidareførast. Frå januar 2024 trer forskriftsendringar om krav til 30 pst. vekting av klima og miljø o offentlege innkjøp i kraft. DFØ skal bidra til å byggje kompetansen om klima- og miljøvennlege innkjøp hos innkjøparane, og gjere rettleiingsmateriell om grøne offentlege innkjøp meir brukarvennleg og betre kjent. DFØs innsats på området vert styrkt i 2024.

Drift av kunngjeringstenesta Doffin

Hausten 2023 tar DFØ over drifta og utviklinga av kunngjeringstenesta Doffin. Den nye kunngjeringstenesta er knytta til innføring av digitale kunngjeringsskjema (eForms). Drift av Doffin og løpande endringar av eForms frå EU i 2024 vil krevje prioritering og ressursar å følgje opp. Tenesta vil òg gje DFØ tilgang på meir og betre data om offentlege innkjøp til bruk i analysar, rettleiing med meir.

Budsjett for 2024

Departementet foreslår å setje utgiftsramma til DFØ for 2024 til 1 006 mill. kroner. Dette er 7,1 pst. høgare enn Saldert budsjett 2023. Løyvinga skal brukast i samsvar med måla og prioriteringane som er omtalt ovanfor.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 973,8 mill. kroner. Det er ein auke med 7 pst. frå Saldert budsjett 2023. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ekstern leverandør, i tillegg til utgifter til vidareutvikling av tenestene. Som følgje av avviklinga av innovasjonsprogrammet «StartOff», er løyvinga redusert med 4,9 mill. kroner. Løyvinga til DFØs arbeid med grøne offentlege innkjøp er auka med 10 mill. kroner i 2024.

DFØ har inntekter mellom anna frå tenester som direktoratet utfører for andre statlege verksemder. DFØs kundemasse og korleis kvar einskild kunde betalar for tenestene, kan endre seg gjennom året.

Post 22 Opplæringskontoret OK stat

OK stat er eit opplæringskontor for verksemder i staten, og er eit ledd i regjeringa si satsing for fleire lærlingar og eit bidrag til at fleire lærlingar skal fullføre og bestå.

Posten er budsjettert med 12,8 mill. kroner, som omfattar utbetaling av lærlingstilskot til statlege verksemder som bruker OK stat, og som er knytte til OK stat.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar særleg utviklingstiltak for DFØ sine system og infrastruktur på IKT-området, medrekna naudsynte endringar og vidareutvikling av systemløysingar. Posten er budsjettert med 19,4 mill. kroner.

Kap. 4605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Økonomitenester og andre driftsinntekter

238 522

166 400

167 587

02

Opplæringskontoret OK stat

17 919

17 200

19 345

Sum kap. 4605

256 441

183 600

186 932

Post 01 Økonomitenester og andre driftsinntekter

Posten er budsjettert med 167,6 mill. kroner og omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer visse utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet. Posten inneheld òg inntekter som gjeld betaling for løns- og rekneskapstenester frå kundar som har fått unntak frå rammeoverføring som finansieringsform, eller som av andre årsaker ikkje kan overføre løyving til DFØ.

Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester og andre driftsinntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.

Post 02 Opplæringskontoret OK stat

Posten er budsjettert med 19,3 mill. kroner og omfattar innbetalingar av lærlingstilskot frå fylkeskommunane.

Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter og post 22 Opplæringskontoret OK stat, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 02 Opplæringskontoret OK stat, jf. framlegg til romartalsvedtak II.

Programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon

Utgifter under programkategori 23.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1610

Tolletaten

1 846 641

1 832 195

1 996 796

9,0

1618

Skatteetaten

8 056 541

8 404 436

8 828 577

5,0

1619

Skatteklagenemnda

73 521

73 803

77 979

5,7

Sum kategori 23.20

9 976 703

10 310 434

10 903 352

5,8

Kap. 1610 Tolletaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

1 680 207

1 697 395

1 872 504

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

166 434

134 800

124 292

Sum kap. 1610

1 846 641

1 832 195

1 996 796

Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre at lover og reglar for grensekryssande vareførsel vert etterlevd. Dette inneber at Tolletaten skal forvalte regelverket og medverke til at det vert etterlevd, mellom anna ved å informere og rettleie aktørane. Etaten skal leggje til rette for at varer som vert førte inn i eller ut av landet, som hovudregel vert registrerte og klassifiserte etter tolltariffen, oppgjevne med riktig opphavsland og verdsette med riktig verdi, samt kontrollere at aktørane etterlever regelverket ellers. Varer som er underlagde restriksjonar, skal kontrollerast for gyldige løyve ved inn- og utførsel. Smugling av varer skal motverkast. Samstundes skal Tolletaten leggje til rette for effektiv handel og vareførsel.

Tolletatens verksemd har fleire positive effektar på samfunnsnivå.

  • Ved å motverke ulovleg inn- og utførsel av varer i strid med forbod eller restriksjonar, bidrar Tolletaten til eit trygt og berekraftig samfunn.

  • Ved å sørgje for riktige og fullstendige opplysningar om grensekryssande varer som grunnlag for å fastsetje skattar og avgifter, og ved å fastsetje riktig tollavgift, bidrar Tolletaten til finansiering av offentlege tenester.

  • Ved å motverke ulovleg vareførsel, bidrar Tolletaten til rettferdige konkurransevilkår for lovlydige aktørar.

  • Ved å samarbeide med internasjonale partnarar og handelsorganisasjonar, bidrar Tolletaten til at Noreg oppfyller internasjonale forpliktingar og til utvikling av internasjonalt regelverk og praksis ved vareførsel.

  • Ved å registrere vareførselen inn og ut av Noreg, medverkar Tolletaten til korrekt handelsstatistikk.

Hausten 2022 fekk Tolletaten ei ny organisering der direktoratet vart avvikla. Etaten består no av fem landsdekkjande divisjonar (Grensedivisjonen, Vareførselsdivisjonen, Administrasjonsdivisjonen, IT-divisjonen og Etterretningsdivisjonen), og tre stabar (Kommunikasjonsstab, Juridisk stab og Tolldirektørens stab). Per 31. desember 2022 var etaten lokalisert 39 stader med fast frammøte, der tre var i Sverige og Finland. Tolletaten hadde ei samla bemanning som svarar til 1 345 utførte årsverk. I tillegg utfører norske, svenske og finske tollstyresmakter oppgåver for kvarandre med tilvising til grensetollsamarbeidsavtalane landa imellom.

Resultat i 2022

Tolletatens resultat vert vurderte ut ifrå tre hovudmål, jf. nedanfor. Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Tolletaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten brukar og i mindre grad på aktivitetar.

Hovudmål 1: Det er enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar for grensekryssande vareførsel

Tolletaten skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer, både for næringslivet og privatpersonar. Aktørane i vareførselen skal få tilbod om enkle løysingar for tollbehandling, slik at varer kan krysse grensa raskt og enkelt – samstundes som lover og reglar vert etterlevde. For å nå dette målet, har Tolletaten òg eit formalisert og tett samarbeid med tollstyresmaktene i andre land. Til dømes er samarbeid over landegrenser om systemløysingar viktig for å leggje til rette for enkle og effektive løysingar.

Etaten gjorde i 2022 brukarundersøkingar retta mot næringsdrivande og reisande. Av dei næringsdrivande opplevde 54 pst. regelverket som forståeleg, noko som er marginalt høgare enn i 2021. Mellom reisande var det 52 pst. av dei spurde som opplevde regelverket som forståeleg, noko som var ein auke frå 47 pst. i 2021. Sjølv om etaten ser ei betring, tyder resultata på at regelverket vert oppfatta som komplisert. Systematisk arbeid med forenkling og brukardialog er satsingsområde i etaten som er venta å gje verknad over tid. Delen av næringsdrivande som opplevde informasjonsutvekslinga med Tolletaten som effektiv, har vore stabil dei siste åra og var i 2022 på 65 pst.

Frå 1. januar 2023 vart tollova erstatta med vareførselslova og tollavgiftslova. Deling i to lover legg til rette for at reglane på tollområdet får ei betre struktur og vert meir oversiktlege. Departementet ventar at dette på sikt vil gjere regelverket på tollområdet meir tilgjengeleg for brukarane.

Etaten behandlar og kontrollerer straumen av varer over grensa, med tilhøyrande vareinformasjon i inn- og utførselsdeklarasjonar. Det er ein sterk og varig vekst i deklarasjonsmengda etaten behandlar. Frå 2010 til 2022 har det vore ei auke på 44 pst. Talet på deklarasjonar har i 2022 vore på omlag det same nivået som i 2021. I 2022 tok Tolletaten imot om lag 8,5 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 8,6 mill. i 2021. Deklarasjonane er grunnlaget for det meste av statsinntektene som kjem frå innførsel av varer til Noreg. Deklarasjonane vert òg brukte av Statistisk sentralbyrå i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer behandlings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som til dømes Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

I dag er det slik at brorparten av varene som kryssar grensa fyrst går over til fri disponering etter at dei har vore i landet ein periode. For å sørgje for effektiv vareførsel – samstundes som kontrollen med vareførselen er tilfredsstillande – er det på sikt ein ambisjon at ingen varer skal krysse grensa utan at Tolletaten har naudsynt informasjon om varen. I 2022 var delen av varer fristilt ved grensepassering 13,5 pst. av alle fortollingar (prosedyren overgang til fri disponering frå 2023), ei marginal auke frå 2021 (13,4 pst.). Digitoll står sentralt i Tolletaten sitt arbeid med å auke delen av varer som underleggjast prosedyren overgang til fri disponering ved grensepassering. Tolletaten arbeidde i 2022 for at næringslivet i større grad skal ta i bruk løysinga i Digitoll, sjå nærare omtale av Treff-satsinga.

Hovudmål 2: Aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve lover og reglar som høg

Kontroll av vareførselen over grensa har òg som føremål å motverke ulovleg inn- og utførsel, mellom anna av varer som er farlege og restriksjonslagde. Dette gjer Tolletaten gjennom synleg nærvær som førebyggjer manglande etterleving, og ved så langt som mogleg å identifisere og stoppe dei som ikkje etterlever lover og regelverk for tollavgift og vareførsel.

Tolletaten medverkar til at aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve lover og reglar som høg. Dette skjer mellom anna gjennom at etaten bruker etterretningsinformasjon for målretta kontrollinnsats, synleg og fysisk nærvær på grensa, elektronisk nærvær gjennom utstyr med skiltgjenkjenning (ANPR), å vere synleg i media og kontroll av dokumentasjon før og etter grensepassering.

Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkje alvorlege lovbrot og vinningsmotivert ulovleg inn- og utførsel. Kampen mot den organiserte kriminaliteten innan grensekryssande vareførsel har høg prioritet. Beslaga varierer frå år til år, og einskilde beslag kan gjere store utslag på årsresultatet.

Aktivitetsnivået har vore høgt òg i 2022, og nye, krevjande oppdrag er tildelt Tolletaten. I mai 2022 fastsette Finansdepartementet ei forskrift som gjev Tolletaten heimel til å drive kontroll med vareførselen til og frå Svalbard. Frå same tid etablerte Tolletaten seg fysisk på Svalbard.

I oktober 2022 fekk Tolletaten i oppgåve å intensivere kontrollen av russiske fiskefartøy med sikte på at alle russiske fiskefartøy vert underlagt ei fysisk kontrollhandling, i tillegg til anna dokument- og analysebasert kontrollverksemd. Kontrollkapasiteten vart auka gjennom å disponere tilsette frå andre delar av landet i kortare og lengre periodar. Ved utgangen av 2022 var om lag 95 pst. av alle russiske fiskefartøy med avgang frå hamnene i Båtsfjord, Kirkenes og Tromsø kontrollerte fysisk av Tolletaten.

Etaten har oppfylt ambisjonsnivåa for talet på avdekte brot, men resultata er låge samanlikna med tida før pandemien. Resultata må delvis forstås ut i frå at Tolletaten har hatt behov for å gjere interne omprioriteringar. Etaten har mellom anna hatt auka merksemd på eksportkontrollregelverket og sanksjonsregimet mot Russland og Belarus, med betydeleg intensivering av kontroll med russiske fiskefartøy og varer som er omfatta av sanksjonspakkene som er sett i verk.

For å måle oppfatta risiko for oppdaging, gjorde Tolletaten òg i 2022 brukarundersøkingar mellom næringsdrivande og reisande. Resultata syner at både næringsdrivande og reisande jamt over opplever risikoen for å verte oppdaga som høg. Mellom reisande er det rett nok ein liten nedgang i opplevd risiko for å verte oppdaga, noko som truleg heng saman med høgt nærvær på grensa under pandemien og at ein i 2022 er tilbake på nivåa før pandemien.

Tolletaten har sidan 2012 nytta elektronisk utstyr med kamera og skiltgjenkjenning (ANPR). Systemet syner og registrerer køyretøy som passerer grensa, og det varslar mellom anna når køyretøy mistenkt brukt til smugling passerer ein grenseovergang. Tolletaten har i 2022 arbeidd med å vidareutvikle og ytterlegare betre ANPR-løysninga.

Tabell 5.1 Tolletaten – nøkkeltal frå grensekontrollen

År

2020

2021

2022

Kontrollerte objekt

137 384

129 427

162 618

Tal på beslag

19 316

20 492

27 150

Tal på treff i kontroll av reisande

6 382

5 546

10 029

Tal på treff i kontroll av gods og kurér

622

737

542

Tal på treff i kontroll av transportmiddel

3 951

3 901

1 993

Tal på treff i kontroll av post

12 158

10 878

13 087

Tal på lovbrot melde til politiet1

4 754

4 539

4 970

Tal på avdekte, alvorlege lovbrot

406

341

373

1 Lovbrot melde til politiet, vert vurdert som alvorleg dersom det overstig ein fast definert terskelverdi for mengde varer.

Det samla talet på kontrollar og talet på beslag er noko høgare i 2022 samanlikna med 2021. Talet på treff i kontroll er òg høgare enn i 2021, utanom tal på treff i kontroll av gods og kurér og transportmiddel.

Tabell 5.2 Tolletaten – grensekontroll – beslagsstatistikk

År

2020

2021

2022

Tal på narkotikabeslag

2 897

2 532

2 330

Dopingmiddel (einingar)

80 762

168 860

457 368

Farmasøytiske preparat (einingar)

121 426

166 236

789 858

Brennevin1 (i liter)

31 365

62 000

19 800

Sprit2 (i liter)

1 625

18

2 929

Vin (i liter)

15 024

7 555

12 046

Øl (i liter)

161 839

90 206

117 722

Sigarettar (stk.)

10,5 mill.

7,2 mill.

5,1 mill.

Valuta3 (i NOK)

6,3 mill.

7,5 mill.

37 mill.

1 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.

2 Brennevin med meir enn 60 pst. alkohol

3 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve

I 2022 gjorde Tolletaten 27 150 beslag. Av desse beslaga gjaldt 2 330 narkotika. Talet på narkotikabeslag var noko lågare enn i 2021. Talet på beslag av brennevin, vin og øl i liter var på om lag same nivå i 2022 som i 2021.

Hovudmål 3: Tolletaten støttar opp under verksemda til andre styresmakter

Tolletatens nærvær på grensa inneber samarbeid med andre styresmakter og aktørar, og etaten tar vare på interessene deira i den grensekryssande vareførselen. I tillegg til eige regelverk, handhevar Tolletaten regelverket til 19 statlege styresmakter i samband med den grensekryssande vareførselen.

Tolletaten har i 2022 hatt høg merksemd på samarbeid med andre styresmakter. Særleg har samarbeid med politiet vore prioritert dei seinare åra. I 2022 har Tolletaten og hatt eit tett samarbeid med Utenriksdepartementet i samband med sanksjonsregimet mot Russland og auka merksemd på eksportkontroll og utførsel av restriksjonsbelagte varar. Tolletaten vurderer samarbeid med andre styresmakter og aktørar i 2022 samla sett som tilfredsstillande. Tolletaten har fortsatt arbeidd med å utvikle vidare og forsterke samhandlinga med regelverkseigarar, kontrollstyresmakter og andre aktørar etaten samarbeider med.

Samla resultatvurdering

Finansdepartementet vurderer resultata i 2022 samla sett som tilfredsstillande. Resultata i 2022 må sjåast i samanheng med Russland sitt angrep på Ukraina. Tolletaten har måtta prioritere omfattande arbeid med handheving av eksportkontrollregelverket og eit stadig meir omfattande sanksjonsregime mot Russland og Belarus.

I mai 2022 vart kontroll med vareførselen til og frå Svalbard etablert på svært kort tid. Kontroll med vareførsel til og fra Svalbard er tryggleikspolitisk viktig og har kravd mykje merksemd og ressursar. I oktober 2022 fekk Tolletaten i oppdrag å intensivere kontrollen med russiske fiskefartøy, med sikte på at alle russiske fiskefartøy skal verte fysisk kontrollerte, i tillegg til annan dokument- og analysebasert kontrollverksemd. Tolletaten har vist rask evne til omstilling og handtert oppgåvene nemnd ovanfor på ein god måte. Intensivert kontroll med vareførsel til og frå Svalbard og med russiske fiskefartøy vil høgst sannsynleg ikkje gje særlege utslag i etaten sin beslagsstatistikk eller gje direkte utslag i talet på regelverksbrot som vert avdekte.

Departementet er nøgd med at etaten i 2022 har arbeidd med fleire tiltak for å gjere Tolletaten meir effektiv og utviklingsorientert.

Departementet er nøgd med korleis etaten har arbeidd med digitalisering. Etaten har likevel eit forbetringspotensial i å sjå utvikling av regelverk og digitalisering i samanheng. Arbeidet med digitalisering av melde- og opplysningsplikta, avvikling av ordning for direktekøyring og arbeid med ICS2 fase 2 (EUs importkontrollsystem) har hatt høg prioritet i 2022. Etaten utarbeidde òg eit framlegg til gjennomføringsplan for utfasing av ordninga for direktekøyring og innføring av digital melde- og opplysningsplikt.

Viktige utfordringar framover

Dei siste åra har rolla til Tolletaten vore i stadig utvikling. Særleg har pandemien og krigen i Ukraina synleggjort etaten si rolle som statleg representant på grensa. Dette kjem til syne i mellom anna kriseberedskap, samfunnstryggleik og som regelverksforvaltar på vegne av 19 styresmakter. Tolletatens kontroll med vareførsel inn og ut av landet bidrar mellom anna til å trygge forsyningstryggleiken, redusere risiko for import av smittsame dyresjukdommar og handheve sanksjonar mot Russland og Belarus.

Tolletatens evne til å løyse samfunnsoppdraget vert utfordra av stadig større volum og meir samansette varestraumar som skal kontrollerast. Dette inneber krevjande prioriteringar i Tolletaten. Etaten må arbeide systematisk for å nytte tildelte ressursar og tilgjengelege verkemiddel slik at etaten vert mest mogleg effektiv. På einskilde område kan det likevel verte naudsynt å redusere kontrollinnsatsen og akseptere noko lågare servicenivå.

Tolletaten skal prioritere å digitalisere verksemda og å utvikle eit nytt hovudløp for næringslivet for innførsel av varer (Digitoll). Dette inneber mellom anna innføring av digital melde- og opplysningsplikt og utfasing av ordninga for direktekøyring. Treff-satsinga er viktig for å lukkast med dette. Etaten må framleis arbeide med å nytte IT som verkemiddel for å gjere det enklare for reisande og næringslivet, samt å effektivisere interne prosessar.

Kompetanse er viktig for utvikling av etaten. Særleg er det behov for å sikre tilstrekkeleg tollfagleg kompetanse og IT-kompetanse. Etatsutdanninga vart i 2021 endra til eit bachelorstudium i toll, vareførsel og grensekontroll, og dei fyrste studentane vert ferdig utdanna i 2024. I 2022 vart ein ny etter- og vidareutdanningsbachelorgrad for tilsette i etaten etablert. For IT-området har det vore sett i gang eksterne aktivitetar, som vil gjere etaten meir konkurransedyktig i høve til kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar og dei ressursutfordringane ein har ved digitaliseringa av etaten.

Omfanget av sanksjonar og eksportrestriksjonar er stadig aukande, særleg som følgje av krigen i Ukraina. Det å bidra til etterleving av eksportkontrollregelverket og sanksjonsregelverket kjem til å krevje høg merksemd frå Tolletaten dei neste åra.

Mål og prioriteringar i 2024

Finansdepartementet fastsett desse hovudmåla for Tolletaten for 2024:

  • Det er enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar for grensekryssande vareførsel.

  • Aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve lover og reglar som høg.

  • Tolletaten støttar opp under verksemda til andre styresmakter.

Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Tolletaten som legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten bruker. Departementet venter at resultata i 2024 samla sett minst skal vere på same nivå som før pandemien. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda.

I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Etaten må nytte kontrollressursane på best mogleg måte og prioritere på grunnlag av risikovurderingar. Etterretningsverksemda i Tolletaten arbeider kontinuerleg med å identifisere nye trendar og metodar for smugling. Dette arbeidet vert i aukande grad understøtta av Treff-satsinga og moglegheita for å nytte dataanalyse til tidleg identifisering av åtferdsendringar frå kriminelle aktørar. Betre etterretning bidrar til meir målretta kontrollar og betre utnytting av kontrollressursane. Departementet ventar at etaten prioriterer betre utnytting av teknologi og arbeider for at etaten har rett kompetanse til dei ulike oppgåvene han skal løyse.

Viktige prioriteringar i 2024 vert:

Treff-satsinga: Systemstøtte for kontrollområdet og digital grensepasseringsløysing

I 2019 samla Tolletaten prosjektet for å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og prosjektet for ekspressfortolling i ei satsing – Treff-satsinga. Sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019). Satsinga inneber å etablere både ny og forbetra systemstøtte for oppgåver i alle ledd av kontrollprosessane til Tolletaten, og ei ny løysing for deklarering og i størst mogleg grad automatisert fortolling av varer på grensa.

Samstundes vart det arbeidd med å revidere tryggleiksavtala mellom Noreg og EU (EØS-avtalen, protokoll 10, kapittel IIa) frå 2009. Tryggleiksavtala knyter Noreg til EUs tryggleiksområde og inneber at Noreg må innføre tiltak på lik line med dei tiltaka EU vil innføre for medlemslanda sine, sjå omtale i Prop. 1 S (2020–2021).

Den reviderte tryggleiksavtala vart sett i verk i februar 2021. Fyrste fase av ICS2 (EUs importkontrollsystem), som omhandlar ekspressfrakt og post, vart sett i verk 15. mars 2021, og andre fase av ICS2 vart sett i verk 1. mars 2023. Tredje fase er planlagt sett i verk i mars 2024.

Tolletaten har gjennomført eit prøveprosjekt med digital informasjonsinnhenting og automatisert grensepassering (ekspressfortolling) ved tollstadane Ørje og Svinesund. Ei evaluering i fyrste halvår 2021 synte at konseptet er godt, men at det er eigenskapar ved løysinga som kunne betrast slik at dei næringsdrivande i større grad tar ho i bruk. Den forbetra løysinga vart klar i 2022 og utgjer grunnlaget for det nye hovudløpet for innførsel av varer til Noreg – Digitoll. Med Digitoll skal informasjon om varer og transport sendast til Tolletaten digitalt seinast ved grensepassering, slik at tollbehandlinga og grensepasseringa vert effektivisert. Dette vil spare tid for både næringslivet og Tolletaten og gjev eit betre informasjonsgrunnlag for å sikre god etterleving av lover og reglar ved innførsel av varer.

Gjennom Treff-satsinga vert det òg utvikla nye analyse- og etterretningsverktøy for støtte til alle kontrollprosessar i Tolletaten. Nye kontrollsystem er etablert og dei gamle systema vart i 2022 tatt ut av drift. I 2022 vert det òg arbeidd med etablering av løysing for sentral risikovurdering og fyrste versjon av ei løysing for digital melding og framlegging ved innførsel av varer. I 2023 har etaten etablert og innført støtte for fase 2 av ICS2, samstundes som etaten har arbeidd vidare med digitalisering av melde- og opplysningsplikta. Tolletaten vil i 2024 samarbeide med næringslivet for at digital tollbehandling (Digitoll) skal kunne tas i bruk i stor skala, samt løpande forbetre IT-løysingane ut frå erfaringane hos næringslivet og Tolletaten. I 2024 skal etaten óg innføre støtte for fase 3 av ICS2.

Kostnadsramma for Treff-satsinga er 857,5 mill. kroner (2024-kroner), der 199,1 mill. kroner er Tolletatens eigenfinansiering. Gjennomføringsperioden er utvida frå 2019 til 2025. For 2024 er det sett av 26,6 mill. kroner til Treff-satsinga. I tillegg er det sett av 98 mill. kroner til driftskostnadar for dei delane av systema som er sette i drift. Ved ein feil vart talet på driftskostnadene for satsinga oppgitt for lågt i Prop. 1 S (2022–2023). Det oppgjevne talet, 74,8 mill. kroner, var eit nettotal fråtrekt ein gevinst på 8,5 mill. 2023-kroner frå utfasing av gamle system. Korrekt tal for driftskostnadane skulle vore 83,3 mill. kroner.

For Treff-satsinga kan det verte bruk for avtalar som går ut over budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om at Tolletaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor kostnadsramma som er gjeve ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Kontroll med vareførsel til og frå Svalbard

Svalbard vart etablert som eige tollområde i mai 2022. Sjå omtale i Prop. 70 L (2021–2022) og Innst. 250 L (2021–2022). Kontroll med vareførsel på Svalbard vart etablert på særs kort tid, for å minke mogelegheita for at Svalbard vart nytta til omgåing av sanksjons- og eksportkontrollregelverket. Dagens kontroll med vareførselen på Svalbard er difor basert på ei minimumsløysing utan mellom anna dei varslings-, melde- og opplysningspliktene som gjeld på fastlands-Noreg. Det er naudsynt at tollstyrsemakta får etablert oversikt over aktørane som fører varer inn til og ut frå Svalbard, og får etablert ordningar som sikrer at Tolletaten får tilgang til desse opplysningane. Målet er at kontrollen med tida, med einskilde moglege tilpasningar til dei lokale forholda på Svalbard, i størst mogleg grad bør tilsvare kontrollen på fastlandet, med dei pliktene det inneber for aktørane i vareførselen. Dette arbeidet vil gå over fleire år. Etaten vil i 2024 fortsette arbeidet med å utvikle systemstøtte og regelverk for tollområdet Svalbard i tråd med denne målsettinga.

Schengen IKT-system

For betre å kjempe mot grensekryssande kriminalitet, terror og ulovleg migrasjon er det sett i gang eit omfattande utviklingsarbeid i Schengen. Eit viktig tiltak er å utvikle og implementere fleire felleseuropeiske IKT-system for styrka grensekontroll, betre deling av informasjon og auka tryggleik. SIS recast/Schengen IKT-system er eit prosjekt i regi av Justis- og beredskapsdepartementet, sjå nærare omtale av Schengen IKT-systema i Prop. 1 S (2023–2024) for Justis- og beredskapsdepartementet. Utviklinga i Noreg skjer primært i politiet og Utlendingsdirektoratet, men òg i andre etatar, mellom anna Tolletaten. Tolletaten er ei av styresmaktene med rett og plikt til å gjere direkte søk i SIS, og tilrettelegging for søk er vesentleg for nyttevirkningene av endringene forbunde med SIS recast. For 2024 er det sett av 23,2 mill. kroner til Tolletatens arbeid med Schengen IKT-system.

Tollbehandling i framtida

Tolletaten sitt deklarasjonssystem (TVINN) nærmar seg slutten av teknologisk levealder. Ei viktig oppgåve for Tolletaten vert å arbeide med å utvikle eit nytt konsept for tollbehandling. Dette arbeidet er omfattande og vil gå over fleire år. Tolletaten arbeider no med ei konseptvalutgreiing, der føremålet er å vurdere ulike konsept for tollbehandling som ivaretar behovet til samfunnet knytta til grensekryssende vareførsel og handelsstatistikk. Konseptvalutgreiinga skal etter planen leverast hausten 2023, og etaten vil i 2024 følgje opp utgreiinga.

Budsjett for 2024

Det foreslås å setje utgiftsramma for Tolletaten til 1 996,8 mill. kroner. Dette er 9,0 pst. høgare enn Saldert budsjett 2023. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 872,5 mill. kroner. Det er ein auke med 10,3 pst. frå Saldert budsjett 2023. Nærmare halvparten av auken gjeld drifts- og forvaltningsutgifter i samband med systemstøtte for kontrollområdet og Digitoll. Løyvinga er òg auka med 30 mill. kroner som skal gå til styrka kontrollevne og modernisering av kontrollutstyr.

33 mill. kroner av auken på posten skriv seg frå at tiltak frå revidert nasjonalbudsjett 2023 vert vidareført i 2024. Dette gjeld kontroll av russiske fiskefartøy, kontroll med vareførsel på Svalbard og drift av ny skannar på Magnormoen.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp av utstyr til grensekontrollen og IT-føremål. Posten er budsjettert med 124,3 mill. kroner. Det er 10,5 mill. kroner lågare enn Saldert budsjett 2023. Ein stor del av 2024-framlegget gjeld vidareføring av prosjekta for Treff-satsinga med systemstøtte for kontrollområdet og Digitoll, jf. nærare omtale føre.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyva, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak III.

Kap. 4610 Tolletaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Særskilt vederlag for tolltenester

4 580

7 900

8 247

02

Andre inntekter

4 850

2 300

2 401

04

Ymse refusjonar

430

1 100

1 149

05

Refusjon frå Avinor AS

26 875

26 800

30 604

85

Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot

10 056

23 000

10 000

Sum kap. 4610

46 791

61 100

52 401

Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester

Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for utført tollforretning utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkje dei meirkostnadane som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.

Satsane for privatrekvirert tollbehandling skal i 2024 vere 525 kroner for 50 pst. overtid og 675 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal vere på 265 kroner per påbyrja halvtime. Gebyrheimel er vareførselsloven § 7-9 andre ledd.

Post 02 Andre inntekter

Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes inntekter frå auksjonssal av varer som er forsøkt smugla inn i landet, innkravde sakskostnadar og agio.

Tolletaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes tepper og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet foreslår departementet at slike direkte utgifter kan trekkjast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. Framlegg til romartalsvedtak IX.

Post 04 Ymse refusjonar

Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av, og av same slag som, den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna bestemte prosjekt etter oppdrag og med tilskot frå andre statlege etatar, kompetansetiltak m.m. og inntekter frå kursverksemd for næringslivet.

Det er nær samanheng mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. Framlegg til romartalsvedtak II.

Post 05 Refusjon frå Avinor AS

Avinor AS skal dekkje Tolletatens meirkostnader til ordninga med enklare prosedyrar ved flybytte på Oslo lufthamn (forenkla transfer). Refusjonar frå Avinor AS vert førte på denne posten. Fordi meirkostnadane og dermed òg refusjonsbeløp er noko usikre, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. Framlegg til romartalsvedtak II.

Post 85 Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot

Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta, og gebyr og tvangsmulkt for brot på nærare oppgitte føresegner i dei nye lovene.

Inntektene på post 85 er vanskelege å budsjettere sidan dei i stor mon avheng av åtferda hos reisande, transportørar og deklarasjonspliktige. Forslaget for 2024 er 13 mill. kroner lågare enn Saldert budsjett for 2023. Det nye anslaget er i tråd med faktiske inntekter på posten dei seinare åra og rekneskapsutviklinga i 2023.

Kap. 1618 Skatteetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

7 252 866

7 379 848

7 856 709

21

Spesielle driftsutgifter

115 349

222 400

178 563

22

Større IT-prosjekt, kan overførast

427 033

549 400

522 100

23

Spesielle driftsutgifter, a-ordninga

101 779

100 088

106 100

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

153 080

146 300

158 281

50

Skatte- og avgiftsforsking

6 400

6 824

70

Tilskot

6 434

Sum kap. 1618

8 056 541

8 404 436

8 828 577

Samfunnsoppdrag og organisering

Skatteetaten skal sikre eit finansielt hovudgrunnlag for offentleg verksemd.

Skatteetaten består av eit direktorat og seks divisjonar med landsdekkjande ansvar for kvar sine fagområde. Etaten har 57 skattekontor fordelt rundt i landet. Skatteetaten har eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etaten hadde per 31. desember 2022 ei bemanning tilsvarande 6 342 utførte årsverk.

Resultat i 2022

Fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter er krevjande prosessar. Desse prosessane byggjer på prinsippet om eigenfastsetjing. Det føreset omfattande bruk av tredjepartsopplysningar, registerinformasjon av god kvalitet, velfungerande og effektive IT-system og god dialog med dei skattepliktige. Figuren under gjev ei forenkla framstilling av denne prosessen.

Figur 5.1 Skatteetatens arbeid med fastsetjing av skattar og avgifter

Figur 5.1 Skatteetatens arbeid med fastsetjing av skattar og avgifter

Skatteetatens resultat vert vurdert ut i frå tre hovudmål. Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Skatteetaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten bruker og i mindre grad på aktivitetar.

Hovudmål 1: Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane

Dei skatte- og opplysningspliktige skal oppleve at ordningane til etaten legg til rette for enkel og riktig registrering, rapportering og innbetaling. Skatteetaten skal behandle dei skattepliktige likt og avdekkje og korrigere uriktige og manglande opplysningar.

Tabell 5.3 syner fastsett proveny for dei viktigaste skatteartane. Skatteetaten bidrog i 2022 til eit proveny på til saman 2 622,6 mrd. kroner frå direkte og indirekte skattar. Samla proveny var 1 155 mrd. kroner høgare enn i 2021. Mykje av auken vert forklart med høg petroleumsskatt. I 2022 har petroleumsbransjen hatt ein historisk vekst grunna høge prisar og høg etterspurnad. Samla skatt og avgift på utvinning av petroleum var 1 026,1 mrd. kroner i 2022, som er ei auking på 861,2 mrd. kroner frå 2021. For personlege skattytarar auka provenyet med 205,6 mrd. kroner. Auken vert i hovudsak forklart med at forskotsskatten for 2023 vart innlest 14. desember 2022, pålydande 115,7 mrd. kroner. Normalt vert forskotsskatten lese inn i januar månad i inntektsåret. Provenyet for upersonlege skattepliktige (aksjeselskap m.m.) auka med 40,6 mrd. kroner. Det er i hovudsak kraftselskapa som har hatt gode resultat på grunn av høge energiprisar. Nye krav for restskatt for upersonlege auka med 72 pst. i 2022 som mellom anna er grunna relativ stor auke i skattepliktig utbytte samt at forskotsskatten truleg vart sett for lågt. Samla arbeidsgjevaravgift auka med 18,9 mrd. kroner. Auken kom i hovudsak frå auka forskotstrekk. Petroleumsskatt auka med 861,2 mrd. kroner. Som allereie nemnt, har petroleumsbransjen i 2022 hatt ein historisk vekst grunna høge priser og høg etterspurnad. (I 2020 var utskriven terminskatt negativ som følgje av dei mellombelse skatteendringane som vart vedtekne våren 2020.)

Tabell 5.3 Skatte- og avgiftsproveny (i mrd. kroner)

2020

2021

2022

Personleg skattepliktige1

550,7

592,7

798,3

Upersonleg skattepliktige

100,2

79,9

120,5

Meirverdiavgift

310,3

332,3

364,5

Særavgift

93,3

92,1

88,3

Kjeldeskatt2

2,4

7,2

7,6

Tvangsmulkt (skatt)

0,1

0,4

0,4

Finansskatt

2,0

2,2

2,4

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

-60,9

164,9

1 026,1

Avgift på arv og gåver3

0,0

0,0

0,0

Arbeidsgjevaravgift

177,3

195,6

214,5

Totalt skatte- og avgiftsproveny

1 175,4

1 467,3

2 622,6

1 Kommune, fylke, stat og folketrygd samla.

2 Artistskatt og kjeldeskatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

3 Beløp mellom 0,0 og 0,1 mrd. kroner.

Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har i 2022 vore gjennomført med tilfredsstillande kvalitet og utan vesentlege avvik. Kvaliteten på tredjepartsopplysningane, som er grunnlag for både skattekort og den førehandsutfylte skattemeldinga, har vore god.

Analysar av etterleving

Skatteetaten analyserer etterlevinga hos dei skattepliktige og utviklinga over tid. Ein effektindikator gjev eit kvalitativt eller kvantitativt uttrykk for forholdet mellom innsats eller aktivitet og det resultatet eller den samla effekten som Skatteetatens verkemiddel gjev.

For 2022 hadde etaten fire effektindikatorar under hovudmål 1, knytta til etterleving: riktig registrering i pliktige register, korrekte og fullstendige opplysingar vert leverte til rett tid, betaling til rett tid og del av verksemder som opplever lite eller svært lite sannsyn for oppdaging.

Til dei pliktige registera vert rekna Folkeregisteret, meirverdiavgiftsregisteret og aksjonærregisteret. Ei samla vurdering syner at det i hovudsak er ei positiv utvikling når det gjeld riktig registrering i desse registera.

Kvaliteten på innrapporterte grunnlagsdata som vert leverte som grunnlag for den førehandsutfylte skattemeldinga, har vore god. Heile 99,6 prosent av grunnlagsdata vert leverte med god kvalitet til riktig tid.

Tiltak som dulting, rettleiing og førehandsutfylling i skattemeldinga har gjort det enklare for skattepliktige å rapportere riktig. Dultinga i skattemeldinga er bruk av tekstboksar med rettleiande informasjon som kjem fram, basert på ulike kriterium. Det kan til dømes vere at ein person har fylt inn ein sum som verkar unaturleg høg eller låg, at vedkomande kan ha krav på eit frådrag eller at det er opplysningar etaten kan ha behov for å få frå den skattepliktige. Føremålet med «informasjonsboksane» er å sikre at opplysningane frå den skattepliktige vert riktige med ein gong, framfor at det må rettast i etterkant. Eigenrettingar innanfor kryptovalutaområdet har auka, truleg som følgje av auka mediemerksemd og rettleiingstiltak og betre forståing av regelverket.

Del av rettidig leverte skattemeldingar frå næringsdrivande personar og selskap var noko lågare i 2022 enn i 2021. Nedgangen er truleg mellom anna grunna i fleire innleveringsfristar og ekstraordinære utsetjingar i 2022. Delen totalt innleverte skattemeldingar frå næringsdrivande var på same nivå som tidlegare år, om lag 97 pst. Del rettidig leverte mva-meldingar var òg noko lågare enn i 2021, antakeleg på grunn av systemproblem ved to av terminane. Delen som leverte innan 80 dagar held seg stabil, noko som kan tyde på at det ikkje var ei nedgang i vilja til å etterleve.

Det har vore ein auke i rettidig innbetaling av skatte- og avgiftskrav (92,3 pst. i 2022 mot 91,1 pst. i 2021). Rettidig og for sein betaling (det vil seie før tyngre inndrivingstiltak vert iverksett) var 98,9 pst. i 2022 mot 98,3 pst. i 2021. Det er variasjon mellom dei ulike kravtypane. For forskotsskatt person og restskatt upersonlege har rettidig del gått noko ned i 2022, medan han har auka for andre skattar og mva.

Skatteetaten innvilga ei rekkje mellombelse utsette betalingar i 2020 og 2021 på grunn av pandemien. Dei mellombelse betalingsutsetjingane som vart gjevne under pandemien vart i 2022 samla i ei felles avdragsordning. Etterlevinga er høg. Per 19. desember 2022 omfatta avdragsordninga 2 800 avdragsplanar for skatte- og avgiftskrav på til saman 204 mill. kroner. Talet på konkurskrav med bakgrunn i ubetalte skatte- og avgiftskrav har auka noko i forhold til føregåande år, men er framleis lågare enn åra før pandemien.

Opplevd oppdagingsrisiko

Skatteetaten arbeider systematisk for at verksemder som omgår regelverket skal oppleve stor sannsyn for å verte oppdaga, korrigert eller sanksjonert. Hovudelementa i arbeidet er at kontrollnivået skal vere tilstrekkeleg høgt og at kontrollar vert gjennomført på ein planmessig og heilskapleg måte, basert på risikovurderingar.

Skatteetaten gjennomfører kvar vår ei spørjeundersøking (Sero), som mellom anna måler opplevd oppdagingsrisiko i eit utval verksemder. Delen som opplever liten eller svært liten oppdagingsrisiko ved ikkje å rapportere alle skattar og avgifter, var 22 pst. i 2022. Det er ei positiv utvikling frå 2021, då resultatet var 26 pst.

I Sero-undersøkingane vert òg opplevd oppdagingsrisiko i ulike bransjar målt. Ein analyse av Sero-undersøkinga mellom 2019 og 2022 syner at bygge- og anleggsbransjen og bransjane transport, frisering, reingjering og servering har ein lågare opplevd sannsyn for oppdaging enn andre bransjar. Skatteetaten har dei seinare åra prioritert innsats mot svart arbeid og arbeidslivskriminalitet, og spesielt innan bygg- og anleggsbransjen. I 2022 var delen som opplever liten risiko for oppdaging i bygg og anlegg på 26 pst., noko som er ein reduksjon frå 2020 (30 pst.) og 2021 (32 pst.). Skatteetaten har òg leia den tverretatlege nasjonale styringsgruppa for NTAES og a-krimsamarbeid i 2022. Nytt a-krimsenter i Alta vart opna 1. november 2022.

Internasjonalt arbeid for å sikre skattegrunnlaget

Skatteetaten mottek stadig fleire opplysingar frå utlandet. Desse vert i stadig større grad nytta både i førebyggjande arbeid og i kontrollarbeid. Noreg har i november 2022 slutta seg til OECD sin utvekslingsstandard for deling av informasjon frå plattformtenester. Dette inneber innhenting av data frå norske rapporteringspliktige og teknisk infrastruktur for utveksling og bruk av data som skal tas imot frå utlandet. Skatteetaten har oppretta eit eige forprosjekt for å gjere naudsynte førebuingar. Skatteetaten deltar og i eit nettverk i regi av Nordisk Agenda for å diskutere og avklare felles faglege utfordringar som førebuing for innføring i Noreg.

OECD publiserte i oktober eit rammeverk for rapportering av digitale/kryptobaserte eigedelar (CARF) i tillegg til tilpassingar til CRS (Common reporting Standard). Dette er eit arbeid som Skatteetaten følgjer tett med sikte på at endringane òg kan verte innført i Noreg frå 2026.

Skatteetaten arbeider med innføring av nye skattereglar for store multinasjonale konsern. Etaten jobba i 2022 med å identifisere løysingar knytta til mottak og utveksling av informasjon, saksbehandling og analyse. Grunna komplekst regelverk er innføringa utsett til 2024.

Tredjepartsopplysningar

Kvaliteten på tredjepartsopplysningar som vert nytta i den førehandsutfylte skattemeldinga, vert vurdert som gjennomgåande høg og utan vesentlege avvik. Heile 99,6 pst. av tredjepartsopplysningane for inntektsåret 2021 vart leverte med riktig kvalitet til riktig tid. Den formelle datakvaliteten i a-ordninga er god, og utviklinga i kvaliteten for 2022 er positiv.

Ny skattemelding for formue og inntekt

Ny skattemelding for lønstakarar og pensjonistar vart lansert i mars 2020 som ein del av SIRIUS-prosjektet. For inntektsåret 2021 dekte løysinga 5,4 mill. skattepliktige, mot 4,2 mill. året før. Skattemeldinga innehalde nærmare 300 ulike dultar som rettleier dei skattepliktige til korrekt skattefastsetjing. I 2022 tok om lag 1,2 mill. skattepliktige imot ein eller fleire slike dultar ved utfylling av skattemeldinga. Totalt 3,6 mill. leverte skattemeldinga (om lag 1,5 mill. leverte med endringar og 2,1 mill. leverte utan endringar), mens om lag 1,8 mill. lønstakarar og pensjonistar nytta leveringsfritaket (stille aksept). I tillegg vart løysinga for ny skattemelding for personleg næringsdrivande nytta av 189 000 enkeltpersonføretak. Den nye skattemeldinga inneheld nærmare 60 ulike dultar. Pilot for upersonlege skattepliktige (selskap) vart lansert i mars 2022 og det var 14 000 selskap som nytta denne.

Ny løysing for meirverdiavgift

Som ein del av Memo-prosjektet, vart ei ny løysing for meirverdiavgiftregistrering lansert i 2020, med tilhøyrande ny saksbehandlarløysing. Den nye løysinga har gradvis vorte innført frå september 2020 til juni 2021. Ny mva-melding vart lansert 1. januar 2022. Innrapportering vil anten skje direkte frå sluttbrukarsystem eller via portalen «Mi meirverdiavgift». Målet er at flest mogleg skal levere via sluttbrukarsystemet. No leverer 75 pst. av dei avgiftspliktige mva-melding via rekneskapssystem, mot 13 pst. tidlegare.

Modernisering av innkrevjing

Programmet Fremtidens innkreving vart starta i 2022. I samarbeid med NAV, Brønnøysundregistrene, politiet, Lånekassen og fleire andre offentlege etatar skal Skatteetaten modernisere statleg innkrevjing i perioden 2022–2028. Målet er å utvikle tenester som heng saman for brukarane, uavhengig av kva for offentleg etat som tilbyr tenesta. Innkrevjing av skattar, avgifter og andre pengekrav skal effektiviserast gjennom datadeling og moderniserte og integrerte løysingar. Seks rekneskap og fem innkrevjingssystem skal samlast i eitt nytt felles rekneskaps- og innkrevjingssystem. Fyrste steg i programmet, steg 1, gjennomførast i perioden 2022–2024 og består av sju prosjekt. I 2022 har programmet arbeidt med oppstart av dei sju prosjekta og leveransar.

Saksbehandlingstid for klager

I 2022 vart 66,8 pst. av sakene på skattekontora behandla innan tre månader. Ved utgangen av 2021 var det ein auke i restansane ved skattekontora, samanlikna med 2020. Mange saker var difor allereie over tre månader ved inngangen til 2022. Etaten har styrka området med fleire saksbehandlarar og redusert restansane gjennom 2022. I saker der skattekontoret ikkje gjev klagar medhald, vert klaga hovudsakleg sendt til Skatteklagenemnda for avgjerd. Av alle klagesaker, òg dei som vart sendt til nemnda for avgjerd, hadde 83,6 pst. ei samla saksbehandlingstid på under åtte månader, noko lågare enn året før (86,8 pst.). Klager i saker med låg provenyeffekt eller av særskilte sakstyper, vert avgjort av Skattedirektoratet.

Restansane i Skatteklagenemnda sitt sekretariat vart noko færre i 2022. Frå 2018 til 2022 er det totale talet på ubehandla saker redusert frå 2 550 til 1 649. Samla saksbehandlingstid for sakene som vert sendt til nemnda, er framleis for lang. Skattedirektoratet er i jamleg dialog med sekretariatet om restansesituasjonen. Sjå nærare omtale under kap. 1619 Skatteklagenemnda.

Hovudmål 2: Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet

Det offentlege og andre brukarar har behov for registerdata og informasjon frå Skatteetaten i sitt arbeid. Skatteetaten skal ha ei effektiv og sikker innsamling, gjennomarbeiding og tilgjengeliggjering av slik informasjon nasjonalt og internasjonalt. Registera er òg eit viktig grunnlag for Skatteetaten si evne til å fastsetje skattane riktig og til rett tid.

For 2022 hadde etaten to effektindikatorar under hovudmål 2: tilgang på føremålstenleg informasjon for brukarane, og registerdata og informasjon frå Skatteetaten av god kvalitet.

Tilgang til registerdata og informasjon har i all hovudsak vore god. Folkeregisteret hadde til tider i 2022 utfordringar med lang saksbehandlingstid for nokre meldingstypar, særleg knytta til flytting innanlands og innflytting. Noko av årsaka var prioritering av saker som gjaldt handtering av flyktningar frå Ukraina. Registrering av flyktningar frå Ukraina har vore ei prioritert oppgåve for Folkeregisteret, der 98 pst. har fått d-nummer tildelt direkte etter rekvirering frå utlendingsstyresmaktene. Etter at flyktningane har fått kollektivt vern etter § 34 i utlendingsloven, vert flyktningane busett og tildelt fødselsnummer. I 2022 søkte over 36 000 ukrainske statsborgarar asyl i Noreg.

Skatteetaten har i 2022 arbeidd med å synleggjere sambandet mellom nasjonale ID-kort til utlendingar og UNIK. I tillegg vart det arbeidd med å synleggjere verdien av UNIK identitet inn mot nasjonal eID strategi. Arbeidet med å klargjere samanhengar og avhengigheiter i ID-forvaltninga skjedde i regi av KoID.

Innan 1. oktober 2022 måtte alle eksterne brukarar flyttast over på den nye moderniserte løysinga for Folkeregisteret. Alle dei eksterne konsumentane vart flytta over innan fristen. For eigedomsregisteret har etaten sett i verk tiltak for å betre datakvaliteten. Tenestene som vert brukte av eksterne, har vore tilgjengelege mellom 99 og 100 pst. av tida. Kvaliteten på registerdata og informasjon vert vurdert av Skatteetaten som god.

Bruk av opplysningar frå a-ordninga om obligatorisk tenestepensjon (OTP)

Prosjektet vart avslutta i desember 2022. Det er utvikla løysingar for å dele opplysingar om inntekt og arbeidsforhold frå a-meldinga med pensjonsinnretningane. Ansvar for å føre tilsyn med at arbeidsgivarar opprettar pensjonsordning i samsvar med OTP-lova er flytta frå Finanstilsynet til Skatteetaten.

Hovudmål 3: Samfunnet har tillit til Skatteetaten

Skatteetaten skal forvalte regelverk og tilby brukartenester for å vareta dei rettar og plikter som dei skatte- og avgiftspliktige har. Dei skatte- og opplysingspliktige skal møte profesjonell og effektiv saksbehandling, få god informasjon og oppleve at informasjonen deira vert forvalta på ein god og trygg måte.

For 2022 hadde etaten fire effektindikatorar under hovudmål 3: at dei skattepliktige har tillit til utøving av mynde frå Skatteetaten, at dei skattepliktige opplever at rettar og plikter vert tatt vare på, at dei skatte- og opplysningspliktige opplever at informasjon vert forvalta på ein trygg måte, og at dei skatte- og opplysningspliktige opplever profesjonell og effektiv saksbehandling og at dei får god informasjon.

Skatteetaten gjennomfører årlege undersøkingar hos privatpersonar og verksemder for å kartleggje deira inntrykk av etaten. Undersøkingane frå 2022 syner at ein stor del av brukarane har høg tillit til korleis Skatteetaten utøver mynde, og til at rettane deira vert tatt vare på. Heile 78 pst. av dei spurde verksemdene og 81 pst. av dei spurde personane i 2022 har høg tillit til Skatteetaten. Dette er på nivå med resultata frå 2021. Framleis har verksemder noko låg tillit til at skattestyresmaktene sikrar at andre verksemder betalar riktig skatt, sidan berre 51 pst. har svart at dei har «stor» eller «svært stor» tillit. Kontakten befolkninga har med Skatteetaten (via skatteetaten.no, Altinn, telefon, brev, chat, sosiale medium og personleg oppmøte på skattekontor), har auka over tid, men har gått noko ned frå i fjor. 84 pst. av dei spurde personane og 77 pst. av verksemdene har vore i kontakt med etaten (85 pst. og 81 pst. i 2021). Befolkningsundersøkinga viser at det har vore ein nedgang i kor nøgde personar er med Skatteetatens saksbehandling, samt kor nøgde personar og verksemder er med Skatteetatens nettsider og kontakt per telefon. Andelen telefonførespurnader som etaten svarer på har auka frå 2021 til 2022. Etaten arbeider med tiltak for at fleire brukarar får løyst problemet sitt ved fyrste kontakt med Skatteetaten.

Arbeid med koronatiltak

Skatteetaten har forvalta fleire mellombelse koronatiltak, både innafor og utanfor skatteområdet: mellombels tilskotsordning for føretak med stor reduksjon i omsetnaden (kompensasjonsordninga for næringslivet), mellombels tilskotsordning for arbeidsgjevarar i tiltakssona og på Svalbard, mellombels tilskotsordning ved avbroten permittering (lønsstøtteordninga), den forenkla ordninga for mellombelse betalingsutsetjingar etter skattebetalingslova § 15-4 (utsetjingsordninga), og dei materielle skatteordningane. Etaten har i 2023 arbeidd med å avslutte forvaltinga si av stønadsordningane. Dette gjeld arbeid med innkrevjing av uteståande krav, og kontroll av om støttemottakarar har oppgitt stønad frå ordningane som omsetning i næringsoppgåvene for 2020 og 2021.

Samla resultatvurdering

Finansdepartementet vurderer Skatteetatens resultat i 2022 samla sett som tilfredsstillande. Kjerneoppgåvene har hatt høgaste prioritet. Departementet meiner etaten har gjort gode og heilskaplege prioriteringar.

Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har vore gjennomført med høg kvalitet.

Analysar og evalueringar peiker i retning av at aktivitetar og bruk av verkemiddel frå etaten har effekt på etterlevinga. Det er positivt at det har vore ein auke i rettidig innbetaling av skatte- og avgiftskrav (92,3 pst. i 2022 mot 91,1 pst. i 2021). Resultata for rettidig og seinka betaling (det vil seie før tyngre inndrivingstiltak vert iverksett) var på 98,9 pst. i 2022 mot 98,3 pst. i 2021. Etterlevinga på avdragsordninga for dei mellombelse betalingsutsetjingane gjevne under pandemien er høg.

Brukarundersøkingar tyder på at befolkninga og verksemdene har høg tillit til Skatteetaten. Dette er ein viktig føresetnad for etterleving av skatte- og avgiftsreglane. Samstundes syner undersøkinga frå 2022 låg tilfredsheit med svartid på telefon. Det er positivt at Skatteetaten arbeider med tiltak på området, då desse resultata er viktige å følgje opp framover.

Saksbehandlingstida for fleira av klagesakene som vart behandla ved skattekontora var for lang i 2022. Samla saksbehandlingstid for sakene som vert sende til Skatteklagenemnda er og for lang. Det er framleis eit for høgt tal for klagesaksrestansar i etaten og sekretariatet for Skatteklagenemnda.

Etaten har i 2022 arbeidd mykje med framlegg til regelverksendringar, saman med departementet, som til dømes arbeid med framlegg til ny grunnrenteskatt for havbruk og landbasert vindkraft, endringar innan vasskraft mv. Etaten har gjeve departementet god støtte i dette arbeidet.

Skatteetaten har ein stor og kompleks utviklingsportefølje. Departementet meiner etaten har arbeidd godt med utviklingsprosjekta i 2022. Etaten har innført ny skattemelding for alle personar, for personlege næringsdrivande og ein pilot for aksjeselskap. Ny mva- melding vart lansert 1. januar 2022. Prosjektet om deling av opplysningar frå a-ordninga til bruk i obligatorisk tenestepensjon (OTP) vart òg ferdigstilt i 2022. Det tverretatlege programmet Fremtidens innkreving starta opp i 2022. Programmet er sentralt for den framtidige utviklinga til Skatteetaten. Utviklingsprosjekta gjev moderniserte og meir effektive løysingar, som igjen gjev Skatteetaten og brukarane vinstar.

Etaten har arbeidd godt med å betre den digitale beredskapen, responskapasiteten og beredskapen for hendingshandtering. Etaten har øvd alle nivå i beredskapsorganisasjonen på cyberhendingar, inkludert ei felles øving med departementet.

Viktige utfordringar framover

Framover vil det framleis vere viktig at etaten vektlegg arbeid for auka etterleving. Skatteetaten skal arbeide systematisk for at kontrollnivået skal vere tilstrekkeleg høgt og at kontrollar vert gjennomførte på ein planmessig og heilskapleg måte, basert på gode risikovurderingar. Skatteetaten må til ei kvar tid vege kontrollnivået opp mot andre aktivitetar som kan betre etterlevinga.

Skatteetaten har ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system er avgjerande for etatens evne til å løyse sitt samfunnsoppdrag. Etaten må difor fortlaupande vurdere tryggleiken i eiga system.

Skatteetaten har ei rekkje pågåande utviklingsprosjekt. I fjor starta programmet Fremtidens innkreving. Programmet vil gå over sju år og inneber ei modernisering av statleg innkrevjing. Programmet vart det største som Skatteetaten har leia, og vil krevje store ressursar i åra framover. Det er viktig at etaten arbeider for å sikre rett kompetanse og tilstrekkeleg med kapasitet til pågåande utviklingsprosjekt. Tilstrekkeleg tilgang på utviklingsressursar kan framleis verte krevjande grunna høg etterspørsel i marknaden. Generelt vil etaten truleg framleis vere noko pressa på utviklingskapasitet, og gode prioriteringar vil difor vere viktig. God portefølje- og prosjektstyring vil vere viktig for å sikre at prosjekta leverer i tråd med planlagt framdrift, kostnader og kvalitet.

Samla saksbehandlingstid for klagesakene som vert sendt til Skatteklagenemnda er framleis for lang. Tal for eldre restansar i Skatteklagenemnda er òg for høgt. Skattedirektoratet må følgje opp sekretariatet for Skatteklagenemnda sitt arbeid med å effektivisere klagesaksbehandlinga ytterlegare og redusere restansane.

Etaten skal i 2024 òg handtere krav til effektivisering, innsparingar og vinstrealiseringar. God økonomistyring, bemanningsplanlegging og prioriteringar vil difor vere viktig framover. Samla sett vil etaten måtte gjere krevjande prioriteringar i 2024.

Mål og prioriteringar i 2024

Finansdepartementet fastset desse hovudmåla for Skatteetaten for 2024:

  • Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane

  • Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet

  • Samfunnet har tillit til Skatteetaten

Departementet ventar at resultata i 2024 samla sett minst skal vere på same nivå som før pandemien. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I det daglege arbeide er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet.

Viktige prioriteringar i 2024 vert:

Eigarskapsopplysningar

For å kunne fastsette riktig skatt, avdekkje skatte- og avgiftskriminalitet og ha effektiv innkrevjing treng Skatteetaten å vite kven som eig kva for eigardel, verdi på eigardel, rettar knytta til eigarskap mv. Dette er opplysningar andre styresmakter òg har behov for i handteringa av eigne oppgåver. Det er óg behov for betre kvalitet på eigarskapsinformasjon i Noreg. Finansdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har gjeve Skatteetaten, Brønnøysundregistrene og Kartverket i oppdrag å kartleggje styresmaktene si moglege bruk av opplysningar om eigarskapsforhold til aksjar og fast eigedom. Dette kan gi grunnlag til å vurdere korleis styresmaktene kan arbeide vidare for å sikre eigarskapsopplysningar med god kvalitet. Skatteetaten har ansvaret for å leie oppdraget og organisere samarbeidet med Brønnøysundregistrene og Kartverket.

Overgang frå Altinn II til Altinn 3

Brønnøysundregistrene og sidan Digitaliseringsdirektoratet har frå 2018 arbeidd med å utvikle ei ny plattform (Altinn 3) som skal erstatte Altinn II. Bakgrunnen for dette er at sentrale produkt i Altinn II er i ferd med å verte utdaterte, Altinn II innfrir ikkje krava til universell utforming og det er behov for å modernisere og betre tryggleika i løysinga, mellom anna for å gi større fleksibilitet ved å etablere frittståande og uavhengige produkt.

Våren 2023 vart det etablert eit tverretatleg program leia av Digitaliseringsdirektoratet og med dei største tenesteeigarane på Altinn-plattforma; Brønnøysundregistrene, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Programmet Nye Altinn skal utvikle Altinn 3 og reetablere Brønnøysundregistrene, SSB og Skatteetaten sine digitale tenester på den nye plattforma. Våren 2023 vart programmet kvalitetssikra i samsvar med Statens prosjektmodell. Etatane vil hausten 2023 oppdatere og forbetre programmets planar i tråd med vurderingane frå ekstern kvalitetssikrar. Det er naudsynt å fortsette den eksterne kvalitetssikringa vinteren 2023/2024.

Skatteetaten har allereie reetablert ein del av sine tenester på Altinn 3, men mange står igjen. Etaten er avhengig av at plattforma vert utvikla vidare. Dette er eit omfattande arbeid som må vere ferdig innan sommaren 2026 for at Skatteetaten skal kunna halde oppe dei digitale tenestene som i dag er bygd på Altinn II. På denne bakgrunnen vert det foreslått å løyve til saman 200 mill. kroner til arbeidet med Altinn 3 i 2024, av dette 90 mill. kroner til Skatteetaten.

Sjå òg omtale av saka i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet, og arbeidet vert følgt opp i to spor, som må sjåast i samanheng. Hausten 2022 la regjeringa fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og som Skatteetaten bidrar i gjennomføringa av. Handlingsplanen er meir spissa mot arbeidstakarrelaterte og sosiale forhold enn det strategi mot arbeidslivskriminalitet var.

Skatteetaten vil i 2024 verte involvert i arbeidet med tiltaka i den kommande stortingsmelding om økonomisk kriminalitet.

Det organiserte tverretatlege samarbeidet mellom Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten, og politiet er ein viktig del av det operative arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet. Dette gjeld både arbeidet ved a-krimsentera og samhandling og oppfølging i lina.

På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har de samarbeidande etatane fått eit felles oppdrag om å utvikle vidare det tverretatlige samarbeidet for å førebyggje og motverke arbeidslivskriminalitet. Skatteetaten skal i 2024 bidra i gjennomføringa av oppdraget.

Det er òg sett av 15 mill. kroner til dei samarbeidande etatane for å styrke det eksisterande a-krimsamarbeidet i Innlandet. Midlane skal delast likt og det tilsvarer 3,8 mill. kroner til Skatteetaten. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Internasjonalt arbeid for å sikre skattegrunnlaget

Skatteetaten skal leggje til rette for god etterleving og riktig skatt frå utanlandske aktørar i Noreg, herunder norske aktørar med utanlandsk aktivitet. Etaten skal fortsette arbeidet med å avdekkje skjulte inntekter og formuar i utlandet.

Informasjonsutveksling mellom land er viktig, og Skatteetaten skal vidareføre arbeidet med å leggje til rette for effektiv bruk av opplysningar etaten mottar frå andre land, og arbeide for å auke kvaliteten på desse opplysningane. Etaten skal følgje med på utviklinga av nye internasjonale standardar og bidra i dette arbeidet. Dette gjeld òg utvikling av sikre og digitale løysingar for meir effektiv informasjonsutveksling med utlandet.

Skatteetaten skal delta på internasjonale arenaer for å sikre god og effektiv førebygging og nedkjemping av skattekriminalitet, mellom anna gjennom deling av erfaring og informasjon. Det er særleg grunn til å hauste erfaringar frå skatteadministrasjonar i Norden, mellom anna for å samanlikne ulike modellar for kriminalitetsnedkjemping.

Internasjonalt arbeid med skattlegging av store fleirnasjonale selskap

Etaten må òg i 2024 bidra i arbeidet med innføring av nye skattereglar for store fleirnasjonale konsern. Som ein del av dette arbeidet er det foreslått å innføre norske reglar om global minimumsskattlegging frå 2024, og det vert arbeidd i OECD/G20s Inclusive Framework med løysingar for omfordeling av skattegrunnlag (Beløp A) og forenklingar i bruken av armlengdeprinsippet knytta til distributørar som utfører enkle distributøroppgåver (Beløp B). Dette er store og kompliserte regelverk som mellom anna krev nye systemløysingar, etablering av nye fagmiljø og av løysingar for utveksling av informasjon med andre land. For 2024 er det sett av 67 mill. kroner til regelverksarbeid, etablering av forvaltningsseksjon og utvikling av saksbehandlingsløysingar. Sjå nærare omtale om regelverksarbeidet i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024.

Arbeid med store konsern, petroleumsskattlegging og internprising

Store konsern, og selskap som er underlagt petroleumsskatteregimet, står for det vesentlege av skattegrunnlaget frå etterskotspliktige selskap. Innsatsen for auka etterleving, herunder kontroll, er difor sentral. Vurdering av internprising, både i grenseoverskridande transaksjonar og transaksjonar mellom nasjonale skatteregime, er ein viktig del av arbeidet med slike føretak og må fortsette i 2024. Fleire nye problemstillingar har dukka opp som følgje av dei særs høge gassprisane i Europa.

Særskatten for petroleumsverksemder er frå inntektsåret 2022 erstatta med ein kontantstraumskatt. Skjema, datasystem mm. vert endra i 2023 for å passe til dei nye reglane. Kontantstraumskatt inneber ei stor endring og gjer det naudsynt med oppfølging av selskapa for å sikre etterleving og likebehandling. Skatteetaten må òg skaffe seg kompetanse om petroleumsregelverket til Olje- og energidepartementet fordi grensa mellom dei ulike skattereglane er knytta til petroleumslova.

Innføringa av ny dialogbasert skattemelding vil gjere det naudsynt med fleire endringar i systemet til etaten i 2024. Skatteetaten ynskjer å bruke omlegginga til å forbetre og forenkle skattemeldinga for petroleumsselskap. Samstundes vil dei mellombelse endringane i petroleumsskattelova som vart vedtekne i 2020, ha effekt i mange år framover. I ein periode må Skatteetaten handheve tre ulike regelsett (gamle ordinære reglar, mellombelse reglar og ny kontantstraumskatt). Det er planlagt store investeringar i nye petroleumsprosjekt dei komande åra. Om investeringane er omfatta av dei mellombelse reglane eller ikkje, har stor økonomisk betydning fordi dei mellombelse reglane er mykje gunstigare for selskapa enn dei ordinære reglane. Skatteetaten må kontrollere at investeringane kjem inn under riktig regelverk og at dei nye reglane vert tolka riktig.

Innføring av grunnrenteskatt på havbruk og landbasert vindkraft

Grunnrenteskatt på havbruk vart vedtatt av Stortinget i mai 2023 og gjort gjeldande frå 1. januar 2023. I juni 2023 sendte departementet på høyring eit forslag om fastsetting av bruttoinntekt i grunnrenteskatt på havbruk, inkludert organisering av eit uavhengig prisråd.

Regjeringa har òg sendt forslag om innføring av grunnrenteskatt på landbasert vindkraft på høyring, med sikte på å leggje fram framlegg for Stortinget i løpet av hausten 2023. For grunnrenteskatt på landbasert vindkraft vart det i Prop. 117 LS (2022 –2023) lagt til grunn iverksetjing frå 1. januar 2024.

Dialogbasert skattemelding for formue og inntekt (SIRIUS)

SIRIUS er eit prosjekt for utvikling og innføring av ei ny dialogbasert støtte til skattepliktige si eigenfastsetjing. Det er utvikla ei ny dialogbasert skattemelding for inntekt og formue for næringsdrivande, lønstakarar og pensjonistar. Det vert bygd inn individuell rettleiing, og fleire opplysningar gjerast tilgjengelege for dei skattepliktige ved utfylling av skattemeldinga. Prosjektet skal bidra til ein heilskapleg prosess for skattlegging, med samanhengande og einsarta prosessar for forskot, fastsetjing og skatteoppgjer. For næringsdrivande skal prosjektet gje grunnlag for betre og enklare integrasjon mellom bokførings- og rekneskapssystema deira og system i etaten for behandling av næringsoppgåver.

Prosjektet starta i 2018 og er planlagt ferdig i 2024. Løysinga for lønstakarar og pensjonistar vart ferdig i 2022. I 2023 ferdigstillast løysinga for enkeltpersonføretak. Prosjektet er godt i gang med løysinga for selskap. No står igjen dei store særskatteområda for samvirke, reiarlag, kraft og petroleum. Det skal òg utviklast ei løysing for dei nye skattereglane for havbruk som vart vedtatt 31. mai 2023. For inntektsåret 2023 skal løysinga dekkje alle skattepliktige. Ho vil verte lansert i mars 2024. Dei gamle løysingane vil berre verte haldne opne for endringar for tidlegare år.

Prosjektet har ei kostnadsramme (P85) på 781,5 mill. 2024-kroner. For 2024 er det sett av 46,6 mill. kroner til prosjektet.

Betre identitetsforvalting

Fleire etatar har oppgåver som påverkar identitetsforvaltinga i Noreg. Skatteetaten skal i 2024 halde fram arbeidet i den rådgjevande gruppa for betre identitetsforvalting (KoID). Politiet, Digitaliseringsdirektoratet, Nav og Utlendingsdirektoratet deltek òg i gruppa. Hovudmålet med gruppa er å bidra til ei styrkt identitetsforvalting i Noreg og at dei fem etatane sin innsats på området vert meir heilskapleg og koordinert. KoID har ein felles, overordna visjon som partane arbeider målretta etter. Gruppa vil òg samarbeide med andre sentrale aktørar som Finans Norge, Nasjonalt ID-senter og Brønnøysundregistera.

Personopplysningane i Folkeregisteret vert nytta når andre instansar skal utferde dokument som pass, bankkort og førarkort, og når verksemder yter tenester til personar registrert i Folkeregisteret. Folkeregisteret viser om identiteten til personen er kontrollert eller ikkje. Slik kan brukarar av Folkeregisteret avgjere om identiteten er trygg nok for deira bruk. Skatteetaten skal framleis arbeide med å bevisstgjere brukarane av Folkeregisteret om at dei sjølve må vurdere om dei har behov for å nytte slike opplysningar på sine ansvarsområde.

Etablering av UNIK i Folkeregisteret

Skatteetaten har etter lov om folkeregistrering høve til å registrere om ein identitet er unik. Fødsels- og d-nummer vert nytta i nær sagt alle digitale prosessar i samfunnet for å identifisere ein innbyggjar og skilje ein person frå ein annan. Det å sikre at ein person har ein, og berre ein, identitet i Noreg, som tenesta og autentiseringsmekanismar kan byggje vidare på, er ein grunnstein i identitetsforvaltninga. Tilliten til Folkeregisteret avheng av at samfunnet kan stole på at ein person har eitt, og berre eitt, fødselsnummer eller d-nummer. Det er behov for at personar som er tildelt eitt fødsels- eller d-nummer, kan dokumentere at vedkommande er rettmessig innehavar av sitt tildelte fødsels- eller d-nummer. ID-bevis som syner fødsels- eller d-nummer, vil vere ein slik dokumentasjon.

For å sikre at ein person kan ha ein unik identitet i Folkeregisteret, er det naudsynt å nytte informasjon om biometriske data frå register i justissektoren. Etaten skal i 2024 i samarbeid med den rådgjevande gruppa for betre identitetsforvalting (KoID) og relevante verksemder, følgje opp aktivitetar i justissektoren som legg til rette for å etablere unik identitet i Folkeregisteret. Skatteetaten skal bidra med å utvikle rammeverket som må etablerast for å ta i bruk biometri som grunnlag for etablering av status «unik» i Folkeregisteret.

Modernisering av innkrevjing

Programmet Fremtidens innkreving starta i 2022 og er planlagt ferdig i 2028. Skatteetaten skal, i samarbeid med Nav, Brønnøysundregistera, politiet, Lånekassa og fleire andre etatar, modernisere statleg innkrevjing ved å harmonisere og koordinere tenester, lovverk, prosessar, IT-system og brukarflater. Innkrevjing av skattar, avgifter og andre pengekrav skal effektiviserast gjennom datadeling og moderniserte og integrerte løysingar med brukaren i sentrum.

I løpet av 2024 planlegg programmet å ferdigstille skaffing av nytt rekneskapssystem og gradvis starte innføringa for utvalde reskontrotenester. Nytt rekneskapssystem er ein av dei mest sentrale komponentane i den nye løysinga som skal etablerast av Fremtiden innkrevjing. Nytt rekneskapssystem skal støtte all rekneskapsførsel i etaten si verksemd, med unnatak av driftsrekneskapen.

Vidare har Fremtidens innkrevjing i 2024 som målsetjing å produksjonssetje nye rettleiingstenester for næringsdrivande og gjere tilgjengeleg meir informasjon i ulike brukarflater, til dømes i nettbank og rekneskapssystem. I tillegg vil næringsdrivande i løpet av 2024 få nye og betre digitale dialogtenester kor brukar kan styre seg sjølve.

Programmet har ei Design to cost (DTC)-ramme for heile programmet (steg 1–3) lik P65 på 4 767 mill. 2024-kroner inkl. mva. For steg 1 har programmet ei kostnadsramme på 2 047 mill. 2024-kroner inkl. mva. For 2024 er det sett av 475,9 mill. kroner til prosjektet, fordelt på Skatteetaten (439,3 mill. kroner), Nav (25,2 mill. kroner), og Brønnøysundregistera (15,8 mill. kroner). Midla til Skatteetaten er fordelte med 53,8 mill. kroner på post 01 Driftsutgifter og 385,5 mill. kroner på post 22 Større IT-prosjekt.

Ny innkrevjingslov

Eit framlegg til ei ny, samordna, systematisk og moderne lov om innkrevjing av statlege krav med meir, som gjev eit oversiktleg og brukarvenleg regelverk, var på høyring med frist for innspel 1. august 2023. Departementet vil gå gjennom høyringsinnspela og deretter fremje lovforslag til behandling. Det er lagt stor vekt på at lova er godt tilpassa ei digital forvaltning. Innkrevjingslova var på høyring saman med eit framlegg om å modernisere prosessen med utlegg i tvangsfullbyrdelseslova og å etablere ei ordning med eitt utleggstrekk. Forslaga legg til rette for digitalisering av innkrevjingsprosessane, eit enklare regelverk og betre rettstryggleik til dei som skuldar pengar. Ny innkrevjingslov og endringane i tvangsfullbyrdelseslova er viktige føresetnader for å hente ut vinstane frå Fremtidens innkreving, jf. omtala ovanfor.

Nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader

Skatteetaten skal i 2024, i samarbeid med Kartverket og SSB, halde fram arbeidet med å leggje til rette for å kunne innføre ein ny verdsetjingsmodell for fritidsbustader. Etatane må gjere tilpassingar og nyutvikling, mellom anna av regelverk, forvaltningsprosessar og IT-system. Departementet tar sikte på at det skal vere mogleg å innføre nytt verdsetjingssystem frå 2026. Dei samla eingongskostnadene for Kartverket og Skatteetaten er rekna til 251,0 mill. kroner i åra 2023–2025. For 2024 er det sett av 110,2 mill. kroner til arbeidet, fordelte på 88,3 mill. kroner til Kartverket og 21,9 mill. kroner til Skatteetaten. Midlane til Skatteetaten er avsette på post 01 Driftsutgifter.

Klagesaksbehandling

Samla behandlingstid for klagesakene som vert sendt til Skatteklagenemnda for avgjerd er i dag for lang. Skattedirektoratet må difor følgje opp sekretariatet for Skatteklagenemnda sitt arbeid med å effektivisere klagesaksbehandlinga ytterlegare og redusere restansane. Skattedirektoratet kan sette rammer for saksbehandlinga, utan at det faglege sjølvstendet til Skatteklagenemnda og sekretariatet stenger for dette, ved mellom anna å stille krav til måloppnåing, organisering av arbeidet og tids- og ressursbruk på ulike sakstypar, jf. Prop. 1 S (2019–2022) for Finansdepartementet. Sjå nærare omtale om prioriterte tiltak for Skatteklagenemnda under kap. 1619 Skatteklagenemnda.

Informasjonstryggleik

Skatteetaten har omfattande digitale prosessar og ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system i etaten er avgjerande for verksemda. Ifølgje Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) si risikovurdering og dei tryggleiksfaglege råda krevst det eit auka tempo for utbetring av informasjonstryggleik, og verdien av å være førebudd på hendingar og prioritere beredskap er tydeleggjort. Skatteetaten syner i sine eigne trusselvurderingar fleire scenario innanfor området digitale trugsmål, der trusselaktørar retter innsats mot system, prosessar og menneske på jakt etter veikskapar som kan utnyttast. Etaten må fortløpande vurdere tryggleiken i eigne system på ein god og systematisk måte, og setje i verk tiltak ved behov. Tiltaka skal ta omsyn til både kortsiktig og langsiktig risikobilete.

Budsjett for 2024

Det foreslås å setje utgiftsramma for Skatteetaten til 8 828,6 mill. kroner. Dette er 5,0 pst. høgare enn Saldert budsjett 2023. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 7 856,7 mill. kroner. Det er ein auke med 6,5 pst. frå Saldert budsjett 2023.

Posten er auka med 3,8 mill. kroner til å styrkje det eksisterande a-krimsamarbeidet i Innlandet, 17 mill. kroner til arbeidet med Global skattereform og med 10 mill. kroner til fritidsbustadsprosjektet. Vidare skriv 41 mill. kroner av auka seg frå auka driftskostnader til Fremtidens innkreving og driftskostnader knytta til oppfølging av OTP-regelverket. 42,2 mill. kroner av auka er grunna endingar i skatte- og avgiftsopplegget, som er ein vidareføring av tiltaket i revidert nasjonalbudjsett 2023.

Forslaget inneber òg skjepa krav til effektivisering, innsparingar og gevinstrealiseringar på grovt rekna 73 mill. kroner, medan justering for løns- og prisvekst utgjer om lag 436 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt, trygdeavgift, meirverdiavgift, særavgifter og petroleumsskatt m.m. Posten omfattar òg kostnader med tvangsforretning, tinglysing, garantistilling og innkrevjing av barnebidrag. Vidare omfattar posten sakskostnader i rettssaker som gjeld meirverdiavgift, petroleumsskatt, særavgifter, krav frå statlege oppdragsgjevarar og bidrag og tilbakebetaling. Posten er budsjettert med 178,6 mill. kroner.

Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast

Posten omfattar løyvingar til arbeid med øyremerka investeringsprosjekt – dialogbasert skattemelding (SIRIUS), modernisering av innkrevjing (Fremtidens innkreving) og arbeid med Altinn 3. Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. Posten er budsjettert med 522,1 mill. kroner.

For desse investeringsprosjekta kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Det bes difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, a-ordninga

Skatteetaten tar hand om interessene til dei tre samarbeidande etatane (Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå) og til dei opplysningspliktige i den vidare forvaltinga og utviklinga av a-ordninga. Posten er budsjettert med 106,1 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for Skatteetatens system og infrastruktur på IKT-området, medrekna meir omfattande oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar med meir. Posten er budsjettert med 158,3 mill. kroner.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyva. Difor bes det om ei tingingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak III.

Post 50 Skatte- og avgiftsforsking

Eit effektivt og føremålstenleg skatte- og avgiftssystem krev kontinuerlig arbeid. Dette føreset mellom anna forsking på området, gode fagmiljø og vidare utvikling av miljøa, og tilfredsstillande tilgang av kompetente personar til å arbeide med skatte- og avgiftsspørsmål. Til dette føremålet har Skatteetaten og Finansdepartementet mellom anna nytta avtalar med universitet om å prioritere forsking og utdanning på skatte- og avgiftsområdet, samstundes som Finansdepartementet har finansiert skatteøkonomisk forsking gjennom Noregs forskingsråd.

For 2024 tek ein sikte på å nytte løyvinga på posten til:

  • Vidareføring av ein samarbeidsavtale frå 2019 mellom Skatteetaten og Universitetet i Bergen. Føremålet med den avtalen er «oppbygging(en) av et fagmiljø i skatterett som skal sikre rekruttering av høyt kvalifiserte forskere til toppstillinger i skatterett ved universitetene og forskingsbasert undervisning og formidling av høy kvalitet i sentrale skatterettsfag.»

  • Vidareføring av ein avtale frå 2020 mellom Finansdepartementet og Universitetet i Oslo. Dette er ein av fire avtalar med ulike aktørar om prosjektet «Skatterett@JUS, UiO» der føremålet er å «dels etablere plattform for forsking og undervisning innen skatte- og avgiftsrett, dels å skape en arena for samarbeid mellom Det juridiske fakultet, det offentlige og private aktører innen skatte- og avgiftsrett.»

  • Ei ny, fleirårig satsing på skatteøkonomisk forsking som Noregs forskingsråd sett i gang hausten 2022. Satsinga skal være med på «å utvikle kunnskapen om skatt og økonomi og å bidra til et sterkt faglig miljø for skatteøkonomisk forskning i Norge.»

Kap. 4618 Skatteetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr

36 142

42 000

38 000

03

Andre inntekter

4 824

6 500

6 786

05

Gebyr for utleggsforretningar

123 948

109 000

125 000

07

Gebyr for bindande førehandsfråsegner

4 483

5 000

5 000

11

Gebyr på kredittdeklarasjonar

2 723

3 100

3 237

85

Inngått på tapsførte lån m.m.

270 416

240 000

280 000

86

Bøter, inndragingar m.m.

1 649 766

2 118 000

1 850 000

87

Trafikantsanksjonar

66 545

60 000

65 000

88

Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

344 952

230 000

300 000

89

Gebyr for regelbrot

4 240

5 000

5 000

Sum kap. 4618

2 508 039

2 818 600

2 678 023

Inntektene på kap. 4618, postane 85–88, er jamt over vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava vert ilagde av andre. Òg inntektene på nokre av dei andre postane på kapittelet vert monaleg påverka av forhold utanfor etaten.

Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr.

Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av Skatteetaten og dei alminnelege namsmennene, jf. kap. 1618, post 21. Inntektene framover på denne posten gjeld innfordringar som vart sette i gang før 1.11.2020. Kor mange slike som står igjen etter 2022, er svært uvisst.

Post 03 Andre inntekter

Dei fleste inntektene etaten har, gjeld refusjonar for datatenester som vart utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar, tilbakeførte sakskostnadar og nokre andre refusjonar. Etter eit unntak frå bruttoprinsippet i statsbudsjettet, vert slike refusjonar posterte på ein utgiftspost – her kap. 1618, post 01. Post 03 vert nytta til inntekter som ikkje kan reknast som refusjonar. Dette gjeld mellom anna nokre salsinntekter og tilskot. For 2024 reknar ein med 6,8 mill. kroner i slike inntekter.

Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvingane under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekten under kap. 4618, post 03 Andre inntekter, jf. framlegg til romertalsvedtak II.

Post 05 Gebyr for utleggsforretningar

Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som Skatteetaten utfører sjølve.

Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner

Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skatteetaten.

Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar

Ved innførsel er hovudregelen at toll og avgifter skal betalast ved grensepasseringa. Etter tollkredittordninga kan godkjende importørar få kreditt slik at deklarasjonar for ein kalendermånad kan samlast og betalast den 18. i månaden etter. I månader der ein importør har brukt tollkredittordninga, vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadane som Skatteetaten har med tollkredittordninga. Kostnadsgrunnlaget vart gjennomgått i 2020 og vurdert til å samsvare bra med gebyrnivået.

Post 85 Inngått på tapsførte lån m.m.

Posten omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning og i Husbanken.

Post 86 Bøter, inndragingar m.m.

Posten omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnadar.

Post 87 Trafikantsanksjonar

Posten omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr, utferda av politiet og Statens vegvesen.

Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

Posten omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr, ilagde av Rekneskapsregisteret.

Post 89 Gebyr for regelbrot

Posten omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast arbeidsgjevarar som ikkje kan leggje fram ei oppdatert personalliste.

Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

For å sikre og følgje opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeide, vert Skatteetaten kvart år gjeve fullmakt til å gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnadar ved vidare bubehandling. Ved utgangen av 2022 låg det føre slike tilsegner for vel 18,9 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføre eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bere risikoen for kostnadane. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjevne med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer saka privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløre brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverkar økonomisk tapping av verksemder.

Føremålet med tilsegnsordninga er å tilføre skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekking av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekking i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.

Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga i 2024 ved å gje Skattedirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 16 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 51 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.

Tabell 5.4 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

(i 1 000 kr)

Tilsegner

Samla ansvar per 1. januar 20221

13 746

Nye tilsegner i 2022

13 388

Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje-avslutta bu

- 197

Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu

- 7 963

Ansvar per 31. desember 2022

18 974

Fullmakt til nye tilsegner i 2023

16 000

Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2024

16 000

Framlegg til samla fullmakt i 2024 for nye og gamle tilsegner

50 974

1 Ved ein feil vart beløpet for samla ansvar per 31.desember 2021 i Prop. 1 S (2022–2023) oppgitt 24 000 kroner for lågt. Samla ansvar per 1.januar 2022 er difor 24 000 kroner høgare enn talet oppgitt i Prop. 1 S (2022–2023).

Kap. 1619 Skatteklagenemnda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

73 521

73 803

77 979

Sum kap. 1619

73 521

73 803

77 979

Samfunnsoppdrag og organisering

Skatteklagenemnda behandlar klager som gjeld skatt og meirverdiavgift. Ordninga skal bidra til rettstryggleik for dei skattepliktige ved at klager der vedtaka ikkje vert omgjorte i fyrste instans ved skattekontora, får ei ny og uavhengig behandling.

Eit eige sekretariat førebur sakene for nemnda. Sekretariatet er lokalisert i Stavanger og hadde per 31. desember 2022 totalt 57 tilsette. Sekretariatet er administrativt underlagt Skattedirektoratet, men er fagleg sjølvstendig. Det er lovfesta at Skatteklagenemnda og sekretariatet ikkje skal kunne instruerast i faglege spørsmål.

Kjernen i det faglege sjølvstendet er at overordna styresmakt ikkje kan instruere organet om utfallet av enkeltsaker eller sakstypar. Det administrative ansvaret gjer at det ansvarlege organet kan gå langt i å setje rammer for saksbehandlinga utan at det faglege sjølvstendet stenger for dette, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Finansdepartementet. Organisering av oppgåveløysinga, saksbehandlingstid og måloppnåing er eksempel på kva overordna organ kan gje føringar om.

Resultat i 2022

Sekretariatet for Skatteklagenemnda har dei siste årene arbeidd med tiltak for å betre effektiviteten i saksbehandlinga. Sjukefråvær og turnover har påverka produksjonen noko i 2022. Totalt har 959 klagesaker vorte behandla i 2022. Dette er ein nedgang frå 2021, då 1 157 saker vart behandla. Frå 2018 til 2022 er det totale talet på ubehandla saker redusert frå 2 550 til 1 649. Det er framleis ein stor mengd eldre klagerestansar i sekretariatet for Skatteklagenemnda. Delen ubehandla saker som er eldre enn eit år er 58,9 pst., noko som er om lag same nivå som i fjor, og framleis for høgt. Samla saksbehandlingstid for sakene som vert sende til nemnda, er og framleis for lang.

Mål og prioriteringar i 2024

Finansdepartementet fastset følgjande hovudmål for sekretariatet for Skatteklagenemnda for 2024:

  • Saksførebuinga for Skatteklagenemnda skal vere effektiv og ha god kvalitet.

Viktige prioriteringar i 2024 vert:

Talet på ubehandla saker ved Skatteklagenemnda sitt sekretariat er framleis for høgt. Skatteklagenemnda sitt sekretariat må i 2024 arbeide for å effektivisere saksbehandlinga ytterlegare. Talet på ubehandla saker og eldre restansar må reduserast vesentleg. For å få ei meir effektiv saksbehandling må sekretariatet for Skatteklagenemnda, i samråd med Skattedirektoratet som har administrativt ansvar for sekretariatet, gjere systematiske vurderingar av organiseringa av dei interne arbeidsprosessane og korleis fagkompetansen i sekretariatet kan verte utnytta best mogleg. Skattedirektoratet kan sette rammer for saksbehandlinga, utan at det faglege sjølvstendet til Skatteklagenemnda og sekretariatet stenger for dette, ved mellom anna å stille krav til måloppnåing, organisering av arbeidet og tids- og ressursbruk på ulike sakstypar. Sjå nærare omtale om prioriterte tiltak for Skattedirektoratet under kap. 1618 Skatteklagenemnda.

Departementet vil framleis følgje opp arbeidet med å redusere saksbehandlingstida i Skatteklagenemndas sekretariat.

Budsjett for 2024

Budsjettramma for Skatteklagenemnda er for 2024 sett til 78 mill. kroner.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løn til tilsette i Skatteklagenemndas sekretariat, godtgjering til nemndmedlemane, arbeidsgjevaravgift, pensjon og andre personalutgifter samt enkelte andre driftsutgifter. Fordi det er Skatteetaten som har inngått dagens leigeforhold og Skatteklagenemnda bruker IT-systemet til etaten, vert utgifter til eigedom, inventar, IT-utstyr mv. dekte over kap. 1618.

Programkategori 23.30 Offisiell statistikk

Utgifter under programkategori 23.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1620

Statistisk sentralbyrå

911 718

914 431

988 634

8,1

Sum kategori 23.30

911 718

914 431

988 634

8,1

Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

654 405

691 423

751 006

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

252 461

219 308

233 625

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

4 852

3 700

4 003

Sum kap. 1620

911 718

914 431

988 634

Samfunnsoppdrag og organisering

I statistikklova heiter det at Statistisk sentralbyrå (SSB) «er den sentrale myndigheten for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge». Offisiell statistikk gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Statistikk medverkar til allmenn folkeopplysing, er grunnlag for analyse, forsking, planlegging og styring for private og for styresmaktene, og legg òg til rette for eit opplyst offentleg ordskifte. Lova gjev SSB eit todelt samfunnsoppdrag. I tillegg til statistikk skal SSB «drive med forsking og analyse», retta mot regjeringa og sentralforvaltninga, Stortinget og partane i arbeidslivet.

Lova gjev SSB ei sentral rolle i å samordne og kvalitetssikre den offisielle statistikkproduksjonen på tvers av offentlege statistikkprodusentar, mellom anna gjennom å leie av Utvalet for offisiell statistikk. SSB skal utvikle og fremje tiltak for kompetansebygging innan det norske statistikksystemet i samråd med Utvalet for offisiell statistikk.

Ved utgangen av 2022 hadde verksemda 837 tilsette som utgjorde 760 årsverk, ein svak reduksjon frå eit år tidlegare. I tillegg utgjorde intervjuarar 47 årsverk. Talet på tilsette i SSB er redusert frå over 1 000 for ti år sida. Krav til vidare effektivisering kan tilseie at talet vert redusert ytterlegare framover.

SSB har etablerte kompetansemiljø både på Kongsvinger og i Oslo. Om lag 64 pst. av dei tilsette i 2022 arbeidde i Oslo og 36 pst. på Kongsvinger. Fordelinga av tilsette mellom Oslo og Kongsvinger har vore relativt stabil sida midt på 1990-talet.

Finansdepartementet har oppnemnt Utvalet for offisiell statistikk. Utvalet er i hovudsak sett saman av statistikkprodusentar og av eigarar av sentrale offentlege register som vert nytta til offisiell statistikk. Regjeringa vedtek periodiske nasjonale statistikkprogram som skal ramme inn den offisielle statistikken i Noreg. SSB leiar arbeidet med programforslaga, i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Ny programperiode trer i kraft frå 2024.

Med heimel i statistikklova oppnemner Regjeringa representantar til Rådet for SSB for periodar av fire år. Rådet skal medverke til at dei oppgåvene som vert lagt til SSB, vert utførte på best mogleg måte. Rådet skal stø administrerande direktør i statistikkfaglege spørsmål og i spørsmål om forsking og analyse. Rådet skriv årleg ein rapport om SSBs verksemd. SSB har òg rådgjevande utval og andre brukarforum for ei rekkje statistikkområde og kjem der i dialog med viktige brukarar av statistikken. Samansetjinga av Rådet for Statistisk sentralbyrå vil verte vurderte på nytt før 2024, i samband med at oppnevningstida for sittande medlemmar går ut ved årsskiftet.

SSB har hovudansvaret for Noregs deltaking i internasjonalt statistisk samarbeid. Dette samarbeidet er med på å heve kvaliteten på norsk statistikk og legg òg til rette for å samanlikne norsk og internasjonal statistikk. Samstundes legg særleg EØS-avtalen sterke føringar på den norske statistikkproduksjonen. Forordning (EU) nr. 223/2009 om europeisk statistikk («Den europeiske statistikklova») inneheld retningsliner for å utvikle, utarbeide og formidle europeisk statistikk og er gjort gjeldande i norsk rett. Saman med Dei Sameinte Nasjonane sine grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, nasjonalt kvalitetssikringsrammeverk, OECD sine Rådsanbefalingar om gode statistiske praksisar og IMF sitt datakvalitetsrammeverk, utgjer desse retningslinene eit internasjonalt rammeverk for verksemda til SSB.

Resultat i 2022

Statistikk av høg kvalitet som dekkjer viktige sider av samfunnet er eit hovudmål for SSB. Det er sett kvantitative mål for viktige indikatorar som skal underbyggje SSBs arbeid med å levere relevant statistikk av høg kvalitet. Indikatorane er òg forankra i dei europeiske retningslinene for statistikk.

Nedanfor følgjer ein omtale av resultata for sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2022.

Aktualitet

Som mål på aktualitet i statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Finansdepartementet sett som mål at den gjennomsnittlege produksjonstida for statistikkane skal vere minst like låg som for det beste av dei tre siste åra. SSB når ikkje målet for årsstatistikkane. Det skuldast mellom anna at fleire fristar for levering av data vart utsette på grunn av Covid, og at dei har fått overført ansvar for FoU-statistikk med dårlegare aktualitet enn gjennomsnittet. For månads- og kvartalsstatistikkane har produksjonstida heldt seg om lag uendra frå 2021. SSB har over fleire år arbeidd målretta med effektivisering av statistikkproduksjonen, og vil halde fram med dette arbeidet.

Tabell 5.5 Aktualiteten til statistikken – veker frå utgangen av referanseperioden til publisering

2018

2019

2020

2021

2022

Månadsstatistikk

3,6

3,7

3,5

3,3

3,4

Kvartalsstatistikk

8,0

7,7

7,3

7,3

7,5

Årsstatistikk

33,2

32,5

29,9

30,6

32,2

Svarrespons

For at statistikken skal halde høg kvalitet, er det viktig at ein så stor del av dei statistiske einingane som mogleg tek del i undersøkingane. Statistikklova gjev SSB heimel til å nytte opplysningsplikt ved innsamling av data, og eventuelt å ileggje tvangsmulkt ved manglande levering. SSB arbeidde målretta med å halde svarprosentane høge under koronapandemien, gjennom mellom anna tett samarbeid med bransjeorganisasjonane. Svarresponsen for undersøkingar med oppgåveplikt tok seg vidare opp i 2022 etter ei nedgang i 2020. For frivillige undersøkingar har det derimot vore ei svak nedgang dei siste åra.

Tabell 5.6 Svarrespons i undersøkingar frå SSB. Prosent

Undersøkingar:

2018

2019

2020

2021

2022

Med oppgåveplikt

96

96

94

96

98

Frivillige

61

58

56

55

52

Oppgåvebør

Det er eit mål å minke oppgåvebøra til næringslivet. Tilrettelegging for elektronisk rapportering er eit viktig verktøy for å halde oppgåvebøra låg. Nær all rapportering til SSB skjedde elektronisk i 2022. Om lag eit av ti føretak i privat sektor rapporterer til SSB i ei eller fleire undersøkingar, og større verksemder ber ei større del av børa. Oppgåvebøra har minka over tid, sjølv om større, periodevise undersøkingar kan gje store svingingar frå eit år til det neste. SSB arbeider med å utvikle og ta i bruk nye kjelder, mellom anna bruk av stordata. Dette arbeidet kan over tid ha merkbar effekt på oppgåvebøra.

Tabell 5.7 Oppgåvebør ved rapportering til SSB. Årsverk

2018

2019

2020

2021

2022

Næringslivet i alt

75

73

69

65

64

Personar og offentlege institusjonar

12

16

17

15

19

Aktive statistikkar

I 2022 hadde SSB 293 aktive statistikkar, ein forsiktig auke frå året før, sjå tabellen nedanfor. Auken over fleire år heng mellom anna saman med at ein har slått saman statistikkar for å gje meir heilskaplege bilete av tema. Regjeringa vedtar nasjonale statistikkprogram, som bestemmer kva for område det vert publisert offisiell statistikk på.

Tabell 5.8 Statistikkpubliseringar

2019

2020

2021

2022

Aktive statistikkar

307

303

292

293

SSB opplyser brukarane dersom det vert avdekkja vesentlege feil i statistikkane. Det vart i 2022 avdekt feil i nokre av SSB sine statistikkar. Arbeidet med kvalitetsgjennomgangar og registersamarbeid mellom SSB og dei store eigarane av data, er viktig for å minimere moglege feil.

Samla resultatvurdering

SSBs samfunnsoppdrag er å levere statistikk, analysar og forsking av høg kvalitet til nytte for det norske samfunnet. SSB har gjennomført dette oppdraget på ein god måte i 2022. SSB har jamt over hatt eit resultat på line med dei føregåande åra, trass i at etaten mellom anna har hatt større omleggingar av produksjonssystema i verksemda. Verksemda må like fullt heile tida arbeide vidare med å betre måloppnåinga.

Viktige utfordringar framover

Moderne demokratiske samfunn må understøttast av truverdig offisiell statistikk. Det vert stadig viktigare med fakta som er både uavhengige og kvalitetssikra og som folk lett finn og tar i bruk. Statistikk, forsking og analyse skal medverke til innsikt i samfunnsutviklinga, gje grunnlag for det offentlege ordskiftet og gjere det mogleg å ta avgjerder på informert grunnlag. Dette stiller krav til at SSB utviklar statistikken og analysane, til høg aktualitet og ikkje minst til evna til å formidle resultat. På denne måten bidrar SSB òg til å motverke spreiing av falske nyhende.

Eit nasjonalt program for offisiell statistikk vart vedteke av regjeringa i 2020, og regjeringa skal før årsskiftet gjere vedtak om nytt program som skal gjelde frå 2024. SSB skal framleis vere den sentrale produsenten av offisiell statistikk og må òg halde eit overordna oppsyn med at krava til kvalitet vert etterlevd av dei andre styresmaktene, som etter programmet er ansvarlege for offisiell statistikk. Statistikk som vert omfatta av programmet må møte krava til kvalitet som er felte ned i både norsk og europeisk regelverk, og ein rapport om kvaliteten på offisiell statistikk skal produserast årleg. SSB må og ta eit ansvar for å bidra til statistikkfagleg kompetansebygging og utvikling av eit fagfellesskap for andre offisielle statistikkprodusentar, og bidra til klar arbeids- og ansvarsdeling.

Forventingane til digitale tenester vert stadig større, endringar skjer raskare og det er krav til at data vert gjort tilgjengeleg raskt og er betre tilpassa brukarane. Veksten i datamengda vil truleg gå endå raskare framover og gjer det mogleg å skape ny innsikt. Nye teknologiske løysingar vil kunne gje SSB meir avanserte analysemetodar, som òg er betre eigna for bruk når SSB tar i bruk fleire datakjelder. Kunstig intelligens byr på store moglegheiter framover, og kan gjere det enklare for brukarane å finne relevante statistikkar og få svar på spørsmål om statistikkane. Vidare vil løysingar baserte på kunstig intelligens kunne medverke til meir automatisering, effektivisering og standardisering av statistiske produksjonsprosessar og betre formidling. Slik effektivisering vil vere viktig i møte med venta, strammare økonomiske rammer i offentleg sektor framover. Samstundes inneber desse omveltingane store utfordringar, og verksemda må prioritere investeringar i mellom anna kompetanse, datalager, nye løysingar og auka tryggleik.

Datamaterialet som SSB samlar inn skal vere vårt felles faktagrunnlag og bør kome alle til gode. Statistikklova gjev forskarar og forvaltinga tilgang på mikrodata for statistiske og analytiske føremål. Det er etablert retningsliner for deling og prising av data frå byrået. Desse skal betre transparens og bidra til at både produksjonstid og kostnad vert meir føreseieleg for brukarar. Det er høg etterspurnad etter mikrodata frå SSB. SSB må arbeide kontinuerleg med å gjere det enklare og raskare for forskarar og styresmakter å få tilgang til slike data, samstundes som datatryggleik og personvern er høgt prioritert.

Microdata.no-portalen gjev forskarar og studentar lettare og betre tilgang til registerdata. SSB samarbeider med SIKT (Kunnskapssektorens tenesteleverandør) om forvaltning og vidareutvikling av tenesta. Microdata.no oppdaterer kontinuerleg med meir data og gje betre høve for analysar gjennom betre verktøy. Prioriteringa av leveransane vert i stor grad basert på etterspurnaden frå brukarane og vil mellom anna gje høve til å kople data frå SSB med eigne tredjepartsdata hos forskarane. SSB må vektleggje at løysinga speler saman med andre offentlege dataplattformer og kan nyttast på tvers av sektorar. Det er starta eit samarbeid med helsesektoren om å tilby data frå fleire helseregistre i tenesta for kopling ag analyse med data frå SSB. Det er nedsett eit brukarråd for ordninga slik at ho skal møte brukarbehova og avlaste arbeidet med anna tilgjengeleggjering av data.

SSB må prioritere å gjere mest mogleg data tilgjengeleg gjennom microdata.no-løysinga og samstundes vareta gode og sikre tenester for tradisjonell tilgjengeleggjering. Frå 1. januar 2024 vert det innført brukarbetaling.

Mål og prioriteringar i 2024

SSBs samfunnsoppdrag, hovudmål og oppgåver er fastsette i statistikklova § 17 og skal liggje til grunn for verksemda i 2024:

  • Statistisk sentralbyrå er den sentrale myndigheten for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge.

  • Statistisk sentralbyrå skal også drive med forskning og analyse.

  • Statistisk sentralbyrå kan påta seg andre oppgaver i den grad disse understøtter virksomheten som nevnt i første og annet ledd.

I tillegg skal SSB leie Utvalet for offisiell statistikk, som skal bidra til samordning og utvikling av offisiell statistikk og gje råd om utarbeiding og formidling av statistikken. Utvalet skal bistå SSB i utarbeidinga av forslag til nasjonalt statistikkprogram.

Måla som skal ligge til grunn for SSBs verksemd dei neste åra, er at SSB skal:

  • vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold

  • sikre samarbeid, heilskap og kvalitet i det norske statistikksystemet

  • samle inn, bruke og dele data til beste for samfunnet

Måla skal bidra til at SSB har naudsynt tillit, truverd og leverer produkt og tenester i tråd med brukarbehov, samt til at statistikk, forsking og analyse held god kvalitet. SSB skal òg vareta fagleg sjølvstende, kvalitet og kontinuitet i heile det norske offisielle statistikksystemet. Vidare skal verksemda medverke til kvalitet og kontinuitet i grunnlagsdata og utnytte veksten i nye datakjelder. Innhenting, bruk og deling av data skal gjerast effektivt, og folk skal ha tillit til at SSB handsamar data og informasjon konfidensielt og sikkert.

Departementet venter at resultata i 2024 samla sett skal vere minst like gode som i 2022. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I det daglege arbeidet er det naudsynt at SSB veg kvalitet opp mot effektivitet.

Viktige prioriteringar i 2024 vert:

Heilskap og kvalitet i statistikksystemet

Statistikklova seier at SSB er den sentrale styresmakta for utarbeiding, utvikling og formidling av offisiell statistikk, og SSB må ifølgje lova halde eit overordna oppsyn med at krava til kvalitet etterlevast i det norske statistikksystemet. Dette vil vere ei viktig oppgåve framover.

Statistikklova § 4 seier at det skal gjerast vedtak om eit fleirårig nasjonalt statistikkprogram. Fyrste program gjaldt frå 2021 til 2023. Regjeringa vil vedta eit nytt program for perioden 2024–2027 før årsskiftet. SSB må innstille seg på å nytte ressursar på arbeidet med oppfølging av programmet i 2024, samstundes som det skal leie arbeidet i Utvalet for offisiell statistikk, og utvalet bør òg involverast i oppfølginga av regjeringas behandling i 2023.

SSB skal utvikle og fremje tiltak for kvalitetssikring og kompetansebygging innan det norske statistikksystemet i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Eit system for kvalitetssikring er etablert, og årlege rapportar om kvaliteten i den norske offisielle statistikken skal publiserast. Desse rapportane vil gje grunnlag for å vurdere tiltak for betre kvalitet i offisiell statistikk og i systemet for kvalitetssikring.

Offisiell statistikk skal være lett tilgjengeleg for brukarane. SSB utviklar ei plattform for offisiell statistikk gjennom ssb.no. Nettsida gjev informasjon om det norske statistikksystemet og har inngangar til offisiell statistikk hos andre produsentar. Plattforma skal gradvis byggjast ut i samarbeid med produsentane og etter samråd med Utvalet for offisiell statistikk. SSB har lagt til rette for at andre produsentar kan annonsere sine statistikkpubliseringer i publiseringskalenderen på ssb.no. I 2022 og 2023 har løysinga vore testa i eit samarbeid mellom SSB, Fiskeridirektoratet og UDI. Testinga fortsett i 2024. Eit tilbod til alle produsentar om å bruke løysinga vil krevje vidare utvikling.

SSB har òg gjennomført ei teknisk oppgradering av Statistikkbanken som har gjeve auka kapasitet på dagar med stort besøk. SSB er òg i gang med ei modernisering av statistikkbankløysinga med mål om meir effektiv og brukarvennleg formidling av statistikk. Dette vil òg bidra til å etablere ei løysing der andre produsentar av offisiell statistikk kan dele sine statistikkdata gjennom SSBs statistikkbank. Slike løysingar kan gje betre statistikktenester for brukarane, samstundes som ein gjer andre produsentar enn SSB meir synlege for brukarar.

SSB er ein viktig premissgjevar som skal vere til stades i offentlegheita, bidra med statistikk om heile samfunnet, sjå statistikkar i samanheng og gjere analysar av aktuelle saker. Verda vert meir komplisert, og det er viktig å nytte data frå fleire og nye kjelder for å belyse samanhengane. SSB må difor fange opp statistikkbehov og utvikle relevante statistikkar og gode formidlingsmetodar. Gjennom å leie Utvalet for offisiell statistikk og ha eit utvida ansvar for samordning, skal SSB òg kunne følgje opp at alle dei offisielle produsentane i statistikksystemet bidrar til dette.

Leiande miljø for anvendt forsking på norsk økonomi

Statistikklova § 17 slår òg fast at SSB skal drive forsking og analyse. Finansdepartementet har gitt retningsliner for denne forskings- og analyseverksemda. Av retningslinene framgår det mellom anna at forskings- og analyseverksemda i hovudsak skal vere empirisk, basert på norske data og støtte opp om statistikkporduksjonen i SSB. I tillegg framgår det at SSB skal utarbeide prognoser for norsk økonomi og bistå departementa i analysar og utføre modellberekningar i samband med stortingsbehandlinga av regjeringas forslag til statsbudsjett. Det er lange tradisjonar for slik forsking i SSB. Saman med statistikken har dette arbeidet lagt til rette for ei god forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.

SSB skal òg drive forsking og analyse i den grad det krevst for å kunne utvikle, utarbeide og formidle offisiell statistikk på ein god måte. Det vil stadig vere naudsynt å forske på statistiske metodar, mellom anna som følgje av at aukande tilfang av nye datakjelder gjer at nye problemstillingar vil dukke opp.

Betre produkt og tenester

Offisiell statistikk skal vere til allmenn nytte. Folk hentar informasjon om samfunnet og samfunnsutviklinga frå mange kjelder. For at SSB skal vere ei relevant og aktuell kjelde som vert brukt, må vidare utvikling av SSB òg skje i dialog med brukarar, registereigarar og andre dataforvaltarar. Brukarbehova vil vere viktige for utvikling, produksjon og formidling av statistikk, analysar og forsking.

SSB skal vidareutvikle ssb.no slik at brukarane enklare finn fram til rett innhald. SSB skal òg arbeide for å nå nye brukarar ved å betre leggje til rette innhaldet for søkemotorar, mellom anna med bruk av klarspråk og gjennom å utvikle nye produkt og teneste.

Eit godt samarbeid med registereigarane og andre dataeigarar kan òg medverke til å redusere oppgåvebøra for næringslivet og andre, gje registerdata med betre kvalitet og sikre tilgang til nye datakjelder. For næringslivet vil betre skjema for sjølvadministrerte undersøkingar, auka bruk av data direkte frå næringane sine eigne system og auka bruk av ukonvensjonelle datakjelder vere viktig.

SSB skal òg fortsetje arbeidet med å betre tenesta for tilgjengelegging av mikrodata. Mikrodata skal gjerast tilgjengeleg for forskarar og styresmakter på ein effektiv og føreseieleg måte, både ved tradisjonell tilgjengeleggjering og ved å vidareutvikle dei nye tekniske løysingane for datatilgang, lansert gjennom microdata.no. SSB må ha god dialog med brukarane og finne praktiske løysingar for forskarar og forvaltninga. SSB skal arbeide for å utvide bruken av microdata.no og utvikle løysingar for deling av data til sikre analyserom.

Utvikling og effektivisering

Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data og nye datakjelder. Det skapar nye høve til statistikkutvikling, men fører òg til auka etterspurnad etter statistikk og analysar frå SSB. SSB må bruke stordata og nye metodar for å utvikle ny statistikk og nytte ressursane sine betre. Det er naudsynt å effektivisere og fornye, og ikkje minst å frigjere ressursar som kan gje rom for utvikling. SSB må heile tida utvikle statistikkproduksjonen for å møte auka krav frå brukarane, samstundes som verksemda skal effektiviserast. I det daglege arbeidet er det naudsynt at verksemda veg effektivitet opp mot andre kvalitetsindikatorar.

Det å etablere statistikkproduksjonen på ei ny skybasert dataplattform (Dapla) er det viktigaste tiltaket for forbetring og effektivisering i SSB. Den nye dataplattforma legg til rette for meir effektiv innhenting, bruk og deling av data, samt betre oversikt og kunnskap om SSB sine data. Dette vil bidra til lågare oppgåvebør for næringsliv og personar, og betre produkt og tenester for brukarar. I ein overgangsperiode må SSB produsere statistikk på Dapla og på gamle system parallelt. For at medarbeidarane skal kunne lære seg nye programmeringsspråk og legge om produksjonsløpa, må SSB òg frigjere tid til kompetanseutvikling. Dette vil vere ressurskrevjande. Det er ein føresetnad for utviklingsprosjekta i SSB at mykje data skal flyttast over til ei skybasert løtysing.

Stordata og tilgang på nye datakjelder kan gjere at arbeidet med statistikk vert meir effektivt, at oppgåvebøra vert mindre tung og at statistikken vert meir rettvisande eller kan dekkje nye område. SSB har mellom anna støtta seg på aggregerte transaksjonsdata for å betre kvaliteten på førebels nasjonalrekneskap i 2020, og arbeider no med å kunne nytte same data for å lage betre indeksar for omsetjing i detaljhandelen og nokre av tenestenæringane. Bruken av desse data kan òg lette oppgåvebøra for næringslivet og gje nye moglegheiter for auka aktualitet.

Arbeid med nye datakjelder som stordata kan samstundes skape nye utfordringar, mellom anna knytt til personvern.

SSBs moglegheiter for vidareutvikling og etablering av nye statistikkar er avhengig av ei rekkje faktorar, mellom anna omfang av og tilgang til data.

Overgang frå Altinn II til Altinn 3

Brønnøysundregistrene og sidan Digitaliseringsdirektoratet har frå 2018 arbeida med å utvikle ei ny plattform (Altinn 3) som skal erstatte Altinn II. Bakgrunnen for dette er at sentrale produkt i Altinn II er i ferd med å verte utdaterte, Altinn II innfrir ikkje krav til universell utforming og det er behov for å modernisere og betre tryggleika i løysinga, mellom anna for å gi større fleksibilitet ved å etablere frittståande og uavhengige produkt.

Våren 2023 vart det etablert eit tverretatleg program under leiing av Digitaliseringsdirektoratet og med dei største tenesteeigarane på Altinn-plattforma; Brønnøysundregistrene, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Programmet Nye Altinn skal utvikle Altinn 3 i Digitaliseringsdirektoratet og reetablere Brønnøysundregistrene, SSB og Skatteetaten sine digitale tenester på den nye plattforma. Våren 2023 vart programmet kvalitetssikra i samsvar med Statens prosjektmodell. Etatane vil hausten 2023 oppdatere og forbetre programmets planar i tråd med vurderingane frå ekstern kvalitetssikrar. Det er naudsynt å fortsette den eksterne kvalitetssikringa vinteren 2023/2024.

SSB må difor leggje om eigne tenester som i dag nyttar Altinn 2 Dette er eit omfattande arbeid som må vera ferdig innan sommaren 2026 for at SSB skal kunna halda oppe dei digitale tenestene som i dag er bygd på Altinn II. På denne bakgrunn foreslås å løyve 200 mill. kroner til arbeidet med Altinn 3 i 2024, av dette 10 mill. kroner til SSB.

Sjå òg omtale av saka i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Informasjonstryggleik

SSB forvaltar store mengde data om personar og verksemder, og folk skal ha tillit til at SSB behandlar data og informasjon konfidensielt og sikkert. Det er difor særs viktig at SSB har god informasjonstryggleik. Det digitale risikobiletet er prega av at både framande makter og kriminelle aktørar bruker store ressursar og avanserte metodar for å tileigne seg data. SSB må jamleg gjennomføre testar for å forsikra seg om at tryggleiken er god nok, og dersom det vert avdekt svakheiter, skal det straks setjast i gang tiltak.

I periodar med stor omstilling vert det særleg viktig å samstundes legge tilstrekkeleg vekt på informasjonstryggleik.

Kompetente og motiverte leiarar og medarbeidarar

Tilsette med rett kompetanse er avgjerande for at SSB skal levere gode resultat. Behovet for kompetanse endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga og etterspurnaden etter ny statistikk. Modernisering av SSBs produksjonssystem vil gje store endringar i arbeidsprosessane. SSB må difor utvikle kompetansen slik at verksemda kan meistre endringane som moderniseringa gjev, og slik at dei tilsette har grunnlag for å meistre nye oppgåver.

Med dei store endringane verksemda har vore og skal gjennom, er det særskild viktig å halde på og vidareutvekle kjernekompetansen, og å behalde eit godt arbeidsmiljø. Ved større endringar vil det òg vere særskild viktig å sikre kompetanseoverføring og å motarbeide feil.

Internasjonalt samarbeid

SSB skal delta aktivt i internasjonalt samarbeid på statistikkområdet med samordning, til informasjonsdeling og kompetanseutvikling. Det internasjonale samarbeidet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. I stor grad samsvarer slike internasjonale krav med SSBs prioriteringar og gjev føringar for utvikling av nye statistikkområde.

Eurostat har gjennomført ei fagfellevurdering av det norske statistikksystemet. Evalueringsteamet gav gode skotsmål til norsk offisiell statistikk og kom med 15 tilrådingar om ytterlegare forbetringar av det norske statistikksystemet. SSB vil fortsette arbeidet med å følgje opp tilrådingar frå rapporten i 2024.

SSB representerer Noreg i statistikkomiteen i OECD (Committee on Statistics and Statistical Policy) og frå medio 2023 er SSB sin administrerande direktør utnemnt som styreleiar for komiteen.

SSBs utviklingssamarbeid vert gjennomført i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad og er i tråd med norsk utviklingspolitikk. SSB tar mellom anna del i fleire av Kunnskapsbankens program, samt relevante faglege samordningsfora.

Statistikk er omfattande regulert i EØS-avtalen. Nasjonale statistikkrav må sjåast i samanheng med, og tilpassast, krava frå EU. Den europeiske kommisjonen fremja i 2023 eit forslag om endring av forordning (EU) nr. 223/2009 om europeisk statistikk (Den europeiske statistikkloven). Forslaget er til behandling i dei lovgivande organa i EU. SSB må i 2024 innarbeide nye krav frå den europeiske rammeverksforordninga for næringsstatistikk. Forordninga gjev nye føringar om statistikk for fleire næringar, mellom anna undervisning, helse- og sosialtenester, kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar, finanstenester og anna tenesteyting, samt for hyppigare statistikk om tenestenæringar.

Ei ny rammeforordning om innsatsfaktorar og produksjon i landbruket (SAIO) vart vedteke i 2023, og samlar eksisterande og nye krav på statistikkområda dyreproduksjon, avlingsproduksjon, landbruksprisar, næringsstoff og plantevernmiddel med verknad frå 1. januar 2025. I 2024 må SSB vurdere EØS-relevans og oppfølging av dei ulike modulane i rammeforordninga i samarbeid med Landbruksdirektoratet, NIBIO og Mattilsynet.

I 2024 videreførast òg arbeidet med tilpassing til ny standard for næringsgruppering (NACE) som innførast frå 2025. Mellom anna skal det avklarast behov for dobbeltkoding av næring og planleggast innføring av revidert standard i statistikkane.

Nasjonalrekneskapen gjennomfører med jamne mellomrom hovudrevisjonar for å ta inn nye datakjelder, nye metodar eller for å korrigera data bakover i tid som følgje av forbetra informasjonsgrunnlag. Europeiske statistikkstyresmakter arbeider for å samordna slike hovudrevisjonar og tilrår at neste hovudrevisjon vert frigitt i 2024. Hovudrevisjonen vil i utgangpunktet omfatta heile den norske nasjonalrekneskapen, sidan alle delrekneskapane er regulerte gjennom EU-forordninga ESA2010. Samstundes pågår ei oppdatering av den internasjonale standarden for nasjonalrekneskapar som skal vedtas i Dei Sameinte nasjonar (SN) i 2025.

Budsjett for 2024

Det foreslås å setje utgiftsramma til SSB for 2024 til 988,6 mill. kroner. Dette er 8,1 pst. høgare enn Saldert budsjett 2023. Løyvinga skal brukast i samsvar med måla og prioriteringane som er omtalte ovanfor.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2024 foreslår departementet ei løyving på 751 mill. kroner som er 8,6 pst. meir enn Saldert budsjett 2023. 6 mill. kroner av auka skal gå til vidareutvikling av microdata.no. Utviklinga vil óg kunne gje grunnlag for høgare brukarinntekter for SSB. 10 mill. kroner av auken skal gå til vidare arbeid med Altinn 3, sjå omtale ovanfor.

I samband med førebuingane til komande statistikkprogram, har regjeringa vedtatt å samle statsforvaltinga si direkte finansiering av offisiell statistikk på grunnløyvinga til offisielle statistikkprodusentar. På bakgrunn av dette er posten auka med 6,2 mill. kroner som er overført frå Kunnskapsdepartementet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. For 2024 foreslår departementet ei løyving på 233,6 mill. kroner, 6,5 pst. høgare enn for 2023.

Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkje utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar oppgraderingar og utviklingstiltak for systema til SSB og for infrastruktur på IKT-området. Det forslås å løyve 4 mill. kroner på posten i 2024.

Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Oppdragsinntekter

285 082

222 808

237 525

85

Tvangsmulkt

14 870

10 000

10 000

Sum kap. 4620

299 952

232 808

247 525

Post 02 Oppdragsinntekter

Sjå omtale under kap. 1620, post 21.

Oppdragsinntektene er førte opp med 3,9 mill. kroner meir enn utgiftene på kap. 1620, post 21. Inntektene skal overstige utgiftene med meirverdiavgifta i samband med brukarfinansierte oppdrag, og som vert å belaste kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift. Desse utgiftene er vurderte til 3,9 mill. kroner.

Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvingane under kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekten under kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter, jf. framlegg til romertalsvedtak II.

Post 85 Tvangsmulkt

SSB har med heimel i statistikklova høve til å ileggje tvangsmulkt. Mulktene vert som hovudregel utmålte med utgangspunkt i rettsgebyret.

Programkategori 23.40 Andre føremål

Utgifter under programkategori 23.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

32 036 051

32 700 000

36 400 000

11,3

1633

Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

9 038 428

9 300 000

10 000 000

7,5

1634

Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset

53 675

1635

Forskottering av erstatningskrav

90 000

1645

Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak

4 000

5 310

32,8

Sum kategori 23.40

41 128 154

42 004 000

46 495 310

10,7

Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

61

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving

29 612 227

30 200 000

33 700 000

72

Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

2 423 824

2 500 000

2 700 000

Sum kap. 1632

32 036 051

32 700 000

36 400 000

Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg grad skal påverke avgjerdene som kommunane tar om anten å produsere avgiftspliktige tenester med eigne tilsette eller å kjøpe dei frå private.

Samla momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar i 2024 er talfesta til 33 700 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

For ikkje å medverke til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester, er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunne gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal sende krav etter dei same kriteria som kommunane.

Det foreslås ei løyving på 2 700 mill. kroner under denne posten for 2024.

Kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

9 038 428

9 300 000

10 000 000

Sum kap. 1633

9 038 428

9 300 000

10 000 000

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2015 vart det innført ei ordning med nettoføring av meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan. Nettoføringsordninga inneber at forvaltningsorgana som er inkluderte i ordninga, ikkje vert belasta meirverdiavgift for utgifter på postane 01–49 i budsjetta og rekneskapane sine, men fører utgiftene til meirverdiavgift på eit sentralt kapittel for meirverdiavgift under Finansdepartementet (kap. 1633, post 01). Det vil vere uvisse om løyvingsbehovet til ordninga i 2024 òg.

Det foreslås ei løyving på 10 000 mill. kroner.

Kap. 1634 Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter

27 148

70

Tilskott til verksemder med rett til stønad

22 807

71

Kompensasjonsordning for arbeidsgjevare i tiltakssona og på Svalbard

17

72

Stønad for å ta permitterte tilbake i jobb

3 703

Sum kap. 1634

53 675

Skatteetaten har forvalta fleire mellombelse koronatiltak, både innafor og utanfor skatteområdet, som mellom anna mellombels tilskotsordning for føretak med stor reduksjon i omsetnaden (kompensasjonsordninga for næringslivet), mellombels tilskotsordning for arbeidsgjevarar i tiltakssona og på Svalbard, mellombels tilskotsordning ved avbroten permittering (lønsstøtteordninga). Oppgåvene omfatta mellom anna rettleiing, søknadsbehandling, vedtak, registrering av vedtak, utbetaling og tilbakebetaling av tilskot, oppfølging og kontroll. Ordningane innebar vesentlege ressursbehov i Skatteetaten i åra 2020–2022, med tida særleg med etterkontroll og innkrevjing av for mykje utbetalt stønad. Det har òg i 2023 vore noko arbeid med oppfølgjing og avslutning, og på stønadspostane har det òg vore nokre mindre utbetalingar, ref. omtale i Prop. 118 S (2022–2023). Det foreslås inga løyving på desse postane i 2024.

Kap. 1635 Forskottering av erstatningskrav

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Utbetaling av erstatning, kan overførast

90 000

Sum kap. 1635

90 000

Det danske forsikringsselskapet Alpha Insurance gjekk konkurs i mai 2018. Fleire norske selskap hadde teikna yrkesskadeforsikring i Alpha Insurance for sine tilsette. Forsikringane var anten teikna via Alpha Insurance sin norske filial eller direkte i det danske morselskapet. I dei tilfella der arbeidsgjevar hadde teikna forsikring direkte hos det danske selskapet, dekkjer korkje den norske Garantiordninga for skadeforsikring eller den danske garantiordninga krava som yrkesskadde arbeidstakarar har mot konkursbuet. Konsekvensen er at dei råka arbeidstakarane berre vil få utbetalt dividende frå buet, og det vil fyrst skje når buet er endeleg gjort opp. Dette kan ta fleire år. Eit forslag om regelverksendringar som skal hindre ein liknande situasjon i framtida, vert arbeidd med og har allereie vore på høyring. Dei aktuelle endringane vil likevel ikkje gjelde for skadelidne som var forsikra direkte hos Alpha Insurance A/S i Danmark.

Staten har inga juridisk plikt til å forskotere erstatningskrava. Regjeringa foreslår likevel å løyve 90 mill. kroner til å forskotere erstatningskrav frå norske skadelidne mot det danske morselskapet i Alpha Insurance. Løyvinga er anslått å dekkje både allereie godkjente krav og krava som per i dag er til behandling, samt nye krav som er venta å kome i 2024. Yrkesskadeforsikring vert kjenneteikna av at krav kan meldast i mange år framover. Fordi det kan verte innmeldt nye krav i mange år framover, er det per idag ikkje mogleg å berekne nøyaktig kor store forpliktingane til buet totalt sett vil kunne verte. Det er likevel venta at talet på saker vil gå ned med åra.

Forvaltninga av ordninga er foreslått lagt til Garantiordninga for skadeforsikring, som Finanstilsynet er sekretariat for. Garantiordninga/sekretariatet vil følgje opp regresskrav som staten overtar frå dei skadelidne overfor buet, etter praksis for tilsvarande saker under garantiordninga. Løyvinga inkluderer òg om lag 1 mill. kroner til utgifter ved å administrere ordninga. Eventuelle inntekter som følgje av regresskrav staten overtar vil kunne budsjetterast på kap. 4635, post 70. Det reknast førebels ikkje med inntekter frå regresskrav i 2024.

Ordninga vil verte heimla i lov og forskrift ved endring i kapittel 20A i forskrift 9. desember 2016 nr. 1502 om finansforetak og finanskonsern (finansforetaksforskrifta) med heimel i lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern (finansforetakslova) §§ 20A-1 og 20A-6.

Kap. 1645 Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

23

Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak

4 000

5 310

Sum kap. 1645

4 000

5 310

Post 23 Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak

Våren 2020 vart det for å avhjelpe verknader av koronapandemien etablert ei garantiordning for lån til små og mellomstore føretak. Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) vart engasjert til å administrere ordninga. Til denne oppgåva vart det samstundes løyvd midlar under post 23 Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak.

Oppfølginga av ordninga skjer ved Eksportfinansiering Noreg, som GIEK har vorte ein del av. Sjølv om behovet i 2024 er uvisst, foreslås det å løyve 5,3 mill. kroner på denne posten.

Kap. 4634 Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av virusutbrotet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

85

Tilskot til verksemder med rett til stønad – tilbakebetaling

96 253

1 000

1 000

86

Lønsstønad til verksemder som er ramma av smitteverntiltak – tilbakebetaling

2 150

1 000

1 000

Sum kap. 4634

98 403

2 000

2 000

Ved ein feil vart løyvinga på post 85 ikkje endra i samband med nysdalderinga for 2022, og rekneskapsført beløp i 2022 vart difor klart høgare enn løyvinga. I løpet av fyrste halvår 2023 vart det inntektsført 6 mill. kroner på post 85 Tilskot til verksemder med rett til stønad – tilbakebetaling.

På post 86 Lønsstønad til verksemder som er ramma av smitteverntiltak – tilbakebetaling, vart det for fyrste halvår 2023 inntektsført i overkant av 400 000 kroner.

For 2024 ligg det truleg òg an til heller små inntekter på desse postane, og det foreslås å løyve 1 mill. kroner på kvar av postane.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programkategori 24.10 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

Utgifter under programkategori 24.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

1650

Statsgjeld, renter m.m.

7 992 401

11 529 700

12 454 300

8,0

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

9 543 000

78 457 000

68 000 000

-13,3

Sum kategori 24.10

17 535 401

89 986 700

80 454 300

-10,6

Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.

Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands eller ved å trekke på statens kontantbehaldning. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga er mellom anna for å fange opp behovet i marknaden for kortsiktige papir. Finansdepartementets fullmakt til å låne i marknaden vart fram til 2015 fastsett av Stortinget på grunnlag av ein årleg proposisjon om lånefullmakter. For 2024 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2023–2024) Statsbudsjettet for budsjettåret 2024 (Gul bok).

Tabell 5.19 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2022, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.

Tabell 5.9 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2022

Type lån

Beløp (mill. kr)

Faste innanlandske lån

532 457

Statskassevekslar

63 650

Kortsiktige kontolån

137 157

Kontolån frå ordinære fond1

170 512

Sum

903 776

1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktene.

Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

88

Renter og provisjon m.m. på utanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

-207

89

Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

7 992 608

11 529 700

12 454 300

Sum kap. 1650

7 992 401

11 529 700

12 454 300

Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

(mill. kr)

Underpost

Underpostnamn

Rekneskap 20221

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

89.11

Faste lån

7 583

7 376

7 528

89.12

Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

-133

278

2 220

89.13

Kontolån

69

261

41

89.14

Kontolån frå ordinære fond

137

540

368

89.15

Statskassevekslar

342

1 261

616

89.17

Nye faste lån

1 814

1 681

Sum kap. 1650, post 89

7 998

11 530

12 454

1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.

Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89, ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2024. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er uvisst.

Underpost 89.11 Faste lån

Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2023. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2024 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2024. For 2024 er renteutgiftene på faste lån anslått til 7 528 mill. kroner.

Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

Posten omfattar dels renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i rentebyteavtalane. I 2022 hadde staten ei netto inntekt på denne posten. Ettersom pengemarknadsrenter no er klart høgare, reknar ein med ei netto utgift på denne posten på 2 220 mill. kroner i 2024.

Underpost 89.13 Kontolån

Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. For 2024 er renteutgiftene på kontolån anslått til 41 mill. kroner.

Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond

Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2022 på 170,5 mrd. kroner. For 2024 er renteutgiftene på kontolån frå ordinære fond anslått til 368 mill. kroner.

Underpost 89.15 Statskassevekslar

Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane. For 2024 er renteutgiftene på statskassevekslar anslått til 616 mill. kroner.

Underpost 89.17 Nye faste lån

Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar, tekne opp etter 1. januar 2023. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2024 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 1 681 mill. kroner.

Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

98

Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

9 543 000

78 457 000

68 000 000

Sum kap. 1651

9 543 000

78 457 000

68 000 000

Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån, og frå og med 2023 er det forfall i statsobligasjonslån kvart år. Noregs Bank har planlagt tre tilbakekjøpsauksjonar i marknaden i andre halvår 2023 i lånet som forfell i 2024. Kjøpte beløp vert då å rekne som avdrag i 2023 og vil samstundes redusere forfallet i 2024. Det er ikkje mogleg å gje gode overslag for omfanget av tilbakekjøp, og slike er difor ikkje tatt omsyn til i budsjettforslaget. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med overslag her, sidan dette kan gje staten mindre handlefridom i marknaden.

Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.

Inntekter under programkategori 24.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

5341

Avdrag på uteståande fordringar

906

6 000 700

4 000 500

-33,3

5351

Overføring frå Noregs Bank

11 108 219

8 600 000

24 600 000

186,0

5605

Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

4 042 592

8 496 600

11 812 800

39,0

5692

Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

88 530

86 400

64 400

-25,5

5693

Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

337

700

1 652

136,0

Sum kategori 24.20

15 240 584

23 184 400

40 479 352

74,6

Den nordiske investeringsbanken (NIB)

Den nordiske investeringsbanken (NIB), som har hovudsete i Helsingfors, Finland, vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlem av banken. Avtalen om NIB var sist endra 29. juli 2020.

Endringane innebar mellom anna at ordningane med lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljøinvesteringslån i nærområda til medlemslanda (MIL) vart avvikla.

Låne- og garantiordninga i NIB

Hovudtyngda av verksemda til banken utgjer vanlege investeringsutlån og garantiar til aktivitetar i eigarlanda. Det aller meste av utlåna går med til fremje av miljø og/eller produktivitet. Utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken.

Grunnkapitalen

Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Den norske kapitalen utgjer 21,5 prosent av den samla kapitalen i NIB. Noregs innbetalte kapital utgjer no 181 832 487 euro, medan garantikapitalen fråtrekt innbetalt kapital er 1 617 872 454,48 euro. Dette er uendra frå 2023-framlegget.

I tråd med ovannemnde tilrår departementet at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2024 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 617 872 454,48 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak V. Med eurokursen per 1. juni 2023 (11,967) utgjer ansvaret om lag 19 360 mill. kroner.

Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

91

Vanlege fordringar

72

95

Avdrag på lån til andre statar

834

700

500

98

Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

6 000 000

4 000 000

Sum kap. 5341

906

6 000 700

4 000 500

Post 91 Vanlege fordringar

På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.

Post 95 Avdrag på lån til andre statar

Posten gjeld avdrag på eit lån som vart gjeve til Jugoslavia i 1983. Den delen av lånet som står att, vert no betalt av Serbia og Montenegro. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) frå Finansdepartementet.

Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie.

Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

85

Overføring

11 108 219

8 600 000

24 600 000

Sum kap. 5351

11 108 219

8 600 000

24 600 000

Etter retningslinene for Noregs Banks årsoppgjersdisposisjonar, fastsette ved kgl. res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til bankens kursreguleringsfond inntil fondet utgjer ein bestemt del av dei innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for banken. Eventuelt overskot etter avsetjingar til kursreguleringsfondet skal setjast av i eit overføringsfond. Ved kvart årsoppgjer skal eit beløp svarande til ein tredel av inneståande beløp i overføringsfondet overførast til statskassa.

Basert på vurderingar av risikoen for svingingar i resultatet til Noregs Bank i åra framover, er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av bankens netto internasjonale fordringar og 5 pst. av bankens behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). I 2022 vart det overført 11,1 mrd. kroner til statskassa, og for 2024 reknar ein førebels med ei overføring til staten i 2024 på 24,6 mrd. kroner. Endeleg beløp vert fastlagt ved Noregs Banks avslutning av rekneskapen for 2023.

Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

80

Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

2 441 658

5 879 300

9 043 800

81

Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

55

200

200

82

Av innanlandske verdipapir

970 348

1 710 800

1 375 300

83

Av alminnelege fordringar

301 981

120 000

60 000

84

Av driftskreditt til statsverksemder

284 110

746 200

1 293 400

86

Renter av lån til andre statar

36

100

100

89

Garantiprovisjon

44 404

40 000

40 000

Sum kap. 5605

4 042 592

8 496 600

11 812 800

Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

Ved utgangen av 2022 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 305 mrd. kroner, som er nesten 40 mrd. kroner lågare enn ved utgangen av 2021.

Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.

Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav, avrunda til næraste ¼ prosenteining, og vert endra kvartalsvis. Anslaget for dei samla renteinntektene i 2024 under denne posten er rekna til 9 044 mill. kroner.

Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2024 er renteinntektene under denne posten rekna til 0,2 mill. kroner.

Post 82 Av innanlandske verdipapir

Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.

For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 89. For 2024 er renteinntektene under denne posten rekna til 1 375 mill. kroner.

Post 83 Av alminnelege fordringar

Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav. Posten omfattar òg tidvis negative renter av innskot.

Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseie. På usikkert grunnlag er det for 2024 ført opp inntekter på 60 mill. kroner.

Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder

Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betale renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.

Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.

For 2024 er renteinntektene under denne posten rekna til 1 293 mill. kroner.

Post 89 Garantiprovisjon

Garantiordninga for lån frå finansforetak til små og mellomstore føretak vart etablert i mars 2020 for å styrkje tilgangen på lån til verksemder som vert ramma av virusutbrotet. Føretaka som får garanterte lån, skal betale ein årleg garantiprovisjon til staten, i tillegg til at bankane skal betale ei årleg garantiavgift. Eksportfinansiering Norge forvaltar ordninga på vegner av staten og har bedømt at dette kan gje inntekter på 40 mill. kroner i 2024. Overslaget er usikkert og kviler på usikre føresetnader om kor mykje av utlånsvolumet som vil verte innfridd eller misleghalde.

Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

85

Utbyte

88 530

86 400

64 400

Sum kap. 5692

88 530

86 400

64 400

Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbytet vert vedteken av årsmøtet (guvernørrådet) i banken, etter tilråding frå styret, på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For 2022 betalte banken i 2023 utbyte til den norske staten med i underkant av 5,4 mill. euro eller rett under 62,2 mill. kroner.

Basert på same utbyte som i 2023 og eurokursen per 1. juni 2023, foreslås det å føre opp eit utbyte på 64 mill. kroner for 2024. Det understrekast at dette beløpet ikkje vil vere førande for Noregs stemmegiving i årsmøte i 2024.

Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

85

Utbyte frå Folketrygdfondet

337

700

1 652

Sum kap. 5693

337

700

1 652

Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. Statens utbytte for året 2022 vart på 300 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2024 er det difor budsjettert med eit utbyte på vel 1,6 mill. kroner.

Til forsida