Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1651 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4634, 5341, 5580, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

6 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. § 26 a i likestillings- og diskrimineringslova. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld i hovudsak administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet.

6.1 Finansdepartementet

Om arbeidet med likestilling og mangfald

Departementet har gjennom årlege personalrapportar merksemd på alders- og kjønnssamansetnad, rekruttering og turnover i avdelingane og på stillingsgruppenivå. Rapporten gjev grunnlag for HR-analysar og vurdering av eventuelle utfordringar og vert drøfta på leiarnivå og i arbeidsmiljøutvalet samt møter etter Hovudavtalen. Lønsstatistikk vert brukt for å følgje med på lønsutviklinga for kvinner og menn. Det er òg merksemd på profileringsaktivitetar og tilrettelegging i vid forstand.

Finansdepartementet ynskjer å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Ledige stillingar vert kunngjorde på nettmedium som JobbNorge, JobbiFIN (på regjeringen.no), Finn, Nav, Jobbforalle, Linkedin og aktuelle universitet og høgskular.

Status for 2022

Kvinner utgjorde 49 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2022. Dei er i fleirtal i stillingar som lovrådgjevar, underdirektør, seniorskattejurist, seniorrådgjevar, rådgjevar, seniorkonsulent og førstekonsulent.

Gjennomsnittsalderen ved utgangen av 2022 var drygt 41 år for kvinner og drygt 47 år for menn. I åra som kjem ventar ein at aldersforskjellane mellom kvinner og menn vert mindre. Kvinner er i fleirtal i aldersgruppene under 50 år.

Det er rekruttert fleire kvinnelege leiarar dei seinare åra. Delen kvinnelege leiarar var 43,2 pst. ved utgangen av 2022.

Kvinner har noko høgare turnover enn menn (13,8 mot 10,5 pst.).

Departementet legg til rette for fleksibel arbeidstid og arbeidsstad for mellom anna å ta omsyn til delvis sjukmelding, nedsett funksjonsevne og omsorgsoppgåver. Ein legg til rette for at tilsette kan stå lenge i arbeid. Gjennomsnittleg avgangsalder i 2022 var 63,4 år.

Ved utgangen av 2022 hadde 89 pst. av kvinnene og 99 pst. av mennene høgare utdanning. 55 pst. av juristane, 40 pst. av økonomane og 49 pst. av dei med anna høgare utdanning var kvinner. Tala har vore stabile over fleire år.

Deltid, mellombels tilsette og sjukefråvær, fordelt på kjønn og samla, per 31. desember 2022. Prosentdelar. Tal for 2021 i parentes.

Deltid

Mellombels tilsette

Samla sjukefråvær

K

M

Båe

K

M

Båe

K

M

Båe

3,5 (6,5)

0,7 (2,0)

2,1 (4,1)

18,4 (8,0)

6,1 (9,2)

12,2 (8,6)

4,6 (5,0)

2,1 (1,6)

3,3 (3,2)

Departementet har ingen tilsette på ufrivillig deltid. 0,3 pst. av dei samla 2,1 pst. er ordinære, mellombelse og små deltidsstillingar, medan 1,7 pst. kjem av redusert arbeidstid grunna sjukdom eller omsorgsoppgåver. Mellombels tilsetjing vert berre nytta ved vikariat eller kortvarige engasjement.

Kvinner som starta i foreldrepermisjon i 2022, tok i gjennomsnitt ut 30 veker, medan menn tok ut 15 veker.

Ved utgangen av 2022 hadde 3 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Av søkjarane til ledige stillingar i 2022 kryssa13,1 pst. av for at dei har innvandrarbakgrunn. 20,4 pst. av desse vart vurdert som kvalifiserte og innkalla til intervju. Ein av dei vart tilsett. Talet syner ikkje tilsettinga av søkjarer med innvanrarbakgrunn som vel ikkje å krysse av for dette i søknaden.

Ved utgangen av 2022 hadde departementet to lærlingar, det same som i 2021.

6.2 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 31. desember 2022 for faste og mellombels tilsette.

SMK

Kvinner sin del av menn si løn

Prosentdelar

Prosentdelar

Kvinner:

Totalt i verksemda

61 (61)

91 (88)

Leiarstillingar

44 (44)

120 (126)

Fagdirektørar og seniorrådgjevarar

55 (52)

101 (89)

Andre saksbehandlarar og støttefunksjonar

75 (79)

98 (102)

Mellombels tilsette; Talet på:

Mellombels tilsette kvinner

4

Mellombels tilsette menn

2

Deltid kvinner

2

Deltid menn

0

Foreldrepermisjon; uttak av veker:

Kvinner

21 (32)

Menn

32 (0)

Målet er å halde ei jamn kjønnsfordeling blant dei tilsette ved kontoret. Fordelinga kan verte betre i enkelte grupper. I sekretærgruppa var det til dømes ti kvinner og ein mann. Ved rekruttering legg ein vekt på å få begge kjønn representert i alle stillingsgrupper, i den grad det er mogleg innanfor kvalifikasjonsprinsippet i staten, om å tilsette den best kvalifiserte søkjaren.

To menn og fire kvinner var mellombels tilsett. Bruken av mellombels tilsettingar vert årleg teke opp med dei tillitsvalde, i tråd med statsansatteloven. Hovudregelen er faste tilsettingar, og mellombelse stillingar vert nytta ved kortvarige behov og vikariat.

Statsministerens kontor har to tilsette som jobbar deltid, begge er kvinner.

3 menn og 5 kvinner tok ut fødselspermisjon i 2022.

Samla sjukefråvær:

Prosentdelar

Båe kjønn

Kvinner

Menn

3,4 (2,1)

4,9 (2,7)

1,2 (1,1)

I lønstala er fast løn og faste tillegg inkludert. Likt arbeid og arbeid av lik verdi er vurdert i utforming av stillingsnivå.

På leiarnivå hadde kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierte, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring.

Utgreiing om arbeidet for likestilling og mot diskriminering

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling. Kontoret søkjer god kjønnsbalanse i alle stillingar og mangfald i etnisitet, alder, erfaring og fagleg bakgrunn.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for tilsette i ulike fasar i livet. Personar med nedsett funksjonsevne, personar med hol i CV og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda til å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er som andre verksemder, omfatta av avtala om inkluderande arbeidsliv. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, for eksempel på grunn av sjukdom, skadar, graviditet eller omsorgsoppgåver.

For tilsette over 60 år vert det i medarbeidarsamtalen utført ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrke moglegheita for å stå lenger i stillinga enn fyrste moglege pensjonsalder.

Kontoret har kvart år vernerunde og det vert med jamne mellomrom gjennomført meir omfattande undersøkingar av arbeidsmiljøet.

Eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret inneheld òg forhold som diskriminering.

Kvart år blir det utarbeida ein personalrapport om mellom anna løn, likestilling og sjukefråvær og som blir behandla i Arbeidsmiljøutvalet.

Regjeringsadvokaten

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 31. desember 2022 for faste og mellombels tilsette.

Regjeringsadvokaten

Kvinner sin del av menn si løn

Prosentdelar

Prosentdelar

Kvinner:

Totalt i verksemda

51 (51)

83 (83)

Leiarstillingar

33 (33)

91 (95)

Fagleiar

47 (53)

106 (100)

Andre advokatar og støttefunksjonar

54 (52)

75 (83)

Mellombels/deltid:

Mellombels tilsette kvinner

2

Mellombels tilsette menn

1

Deltid kvinner

3

Deltid menn

0

Foreldrepermisjon; uttak av veker:

Kvinner

16

Menn

19

Regjeringsadvokaten har som mål å ha kjønnsbalanse blant advokatane, samt for heile verksemda. Av dei 49 advokatane embetet hadde ved inngangen av året, var 20 kvinner (41 pst.) og 29 menn (59 pst.). Av 24 tilsette på administrativ side, var 17 kvinner (71 pst.) og 7 menn (29 pst.) Regjeringsadvokaten opplever å ha ein god kjønnsbalanse i alle stillingskategoriar, med unntak av advokatassistentane, der alle faste tilsette er kvinner. Ved rekruttering legg embetet stor vekt på å oppretthalde den gode kjønnsbalansen blant advokatane, så langt det er mogleg innanfor kvalifikasjonsprinsippet i staten.

Tre personar var mellombels tilsette – to kvinner og ein mann. To av dei er jus-studentar som jobbar som kveldssekretærar og resepsjonsmedarbeidarar.

Tre tilsette arbeidde deltid; to på grunn av uføre og ein frivillig. Alle var kvinner.

Tre menn og tre kvinner tok foreldrepermisjon i 2022.

Samla sjukefråvær:

Prosentdelar

Båe kjønn

Kvinner

Menn

2,6 (2,2)

4,9 (3,4)

1,1 (1,2)

I lønstala er fast løn og faste tillegg inkludert. Likt arbeid og arbeid av lik verdi er vurdert i utforming av stillingsnivå.

På leiarnivå hadde menn høgare lønsnivå i gjennomsnitt enn kvinner. Dette har si årsak i at leiar av verksemda, som har høgast løn, er mann. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierte, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring. For advokatane gjeld eit reint ansiennitetsprinsipp ved fastsetjing av løn, noko som medfører at kvinner og menn har lik løn gitt same ansiennitet.

Vårt arbeid for likestilling og mot diskriminering

Regjeringsadvokaten har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Embetet har ein likestillingsplan med mål som skal hindre at tilsette vert behandla ulikt på grunn av kjønn. Planen gjeld område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, å leggje til rette for omsorgsplikter mv.

Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit relativt stort lønspåslag når ein får møterett for Høgsterett. Tildelinga av prøvesaker for Høgsterett følger hovudsakleg ansiennitet, og vil derfor alltid skje ut frå kjønnsnøytrale prinsipp.

Regjeringsadvokaten legg vekt på målsettingane i staten, om mangfald i offentlege stillingar. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje i embetet sine stillingsannonsar. Det er også teke inn at embetet har eit mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetjing. Embetet innkallar som hovudregel minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til intervju.

Regjeringsadvokaten er omfatta av avtalen om inkluderande arbeidsliv. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskilt tilrettelegging, for eksempel på grunn av sjukdom, skader, graviditet eller omsorgsoppgåver.

Det er etablert eigne rutinar for varsling for embetet.

Arbeidsmiljøutvalet har møter minimum fire gonger i året, der status på likestillingsarbeidet og sjukefråvær er tema. Utvalet gjennomfører også årlege vernerundar.

7 Omtale av klima- og miljørelevante saker

7.1 Finansdepartementet

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Oppfølginga av Dei Sameinte Nasjonanes 17 mål for berekraft er integrert i regjeringas ordinære politiske arbeid. Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer den nasjonale oppfølginga og Utanriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa og sikrar òg at forureinarane betaler.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Noregs klimamål slik dei mellom anna kjem fram i Parisavtala, i forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av klimalova. Norsk klimapolitikk er nært knytt til EU og inngjekk i 2019 eit samarbeid om klimaskyldnadene for 2030. Statistikken over langtransportert forureining gjeld for det meste oppfølginga av Gøteborg-protokollen.

Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. I 2019 vart statistikken utvida med tal for miljøsubsidiar. SSB starta opp eit arbeid med fossile subsidiar same år med mellom anna to artiklar. Dette arbeidet fortset i 2022 med vidare utvikling av datagrunnlag og metode. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; «Sirkulær økonomi» (materialstraumar og attvinning). SSB skal hjelpe Miljødirektoratet med å finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse innhentinga av data og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. SSB utreier nye kjelder om plastavfall og plastprodukt for ein mogleg statistikk om plast. SSB er med på å kartleggje matsvinn i primærleddet, altså hos jordbruksbedriftene. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Statistikk og analysar er publiserte som planlagd.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande.

Frå 2017 gav ei EU-forordning rapporteringsplikt på områda rekneskap for miljøvernutgifter (EPEA), statistikk for produksjon, bruttoprodukt, sysselsetjing og eksport av miljørelaterte varer og tenester (EGSS) og næringsfordelt energibruk. Alle desse områda vert utarbeidd etter den internasjonale standarden SEEA (System for Environmental Economic Accounting) og i tråd med prinsipp i nasjonalrekneskapen.

Som del av ny utviding av EU-forordninga på miljørekneskap vil tre nye statistikkar verte utvikla. Statistikk over miljøvennlege subsidiar og skogrekneskap vil i stor grad byggje på allereie eksisterande statistikkar, medan statistikk for økosystemrekeskap vil krevje betydeleg utvikling. Økosystemrekneskapet følgjer SNs statistiske rammeverk som vart godkjent i 2021 – SEEA EA (Ecosystem Accounting). Rekneskapen består av eit arealrekneskap over utbreiinga av ulike økosystem, deira tilstand. samt tilgang og etterspørsel etter økosystemtenestar. Utviklinga vil krevje samarbeid med fleire andre statistikkprodusentar, dataleverandørar og forskningsmiljø.

Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire analyseprosjekt i gang om energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og bruk av naturressursar. I desse nyttar ein mellom anna økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Ein modell av norsk økonomi (SNOW) som nyttes av Finansdepartementet fvert oppdatert og utvekla av SSB. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på energi-, utslepps- og miljøfeltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av Noregs klimapolitiske mål og verkemiddel, løysingar for låge utslepp i transport, energi og industri, samt verdsetjing av naturressursar og tenester frå økosystema. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

8 Oppfølging av berekraftsmåla

FN vedtok i september 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. I Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet vert det gjeve ei samla omtale av nasjonal og internasjonal oppfølging av alle berekraftsmåla. Finansdepartementet har ansvar for koordinering av berekraftsmål 8 og 10. Departementet har òg eit ansvar for bidrag til delmål under berekraftsmål 1, 9, 12 og 16. Kapittelet omtalar departementet sin innsats for å nå berekraftsmåla.

Delmål 1.4) Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggjande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

For personar i yrkesaktiv alder heng fattigdom og låginntekt for ein stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Regjeringa har dei siste åra redusert inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner, og både marginalskatten og gjennomsnittleg skattesats er redusert for personar med låg inntekt.

Delmål 1b) Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom.

Frå 2022 vart pensjonslovene for privat sektor endra slik at alle tilsette fekk rett til pensjonsopptjening for løn frå fyrste krone og dag. Dette var ei viktig endring for unge, deltidstilsette og tilsette i låge inntektsgrupper.

Delmål 8.5) Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid

Berekraftig vekst krev at så mange som mogleg deltar i arbeidslivet. Ein aktiv arbeids- og velferdspolitikk legg til rette for dette. I tillegg er særskilde innsatsar, som den nye integreringslova som vart innført i januar 2021 og den nye ungdomsgarantien som vart innført i juli 2023, viktige for å bidra til at fleire kan delta i arbeidslivet. Integreringslova skal bidra til at innvandrarar får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og en varig tilknyting til arbeidslivet. Lova set tydelegare krav til norskkunnskapar.

Etter ynske frå partane i arbeidslivet har regjeringa sett ned eit utval som skal sjå på utfordringar for den tradisjonelle norske lønnsdanninga. Utvalet skal vurdere om det er utviklingstrekk i økonomien som kan svekke oppslutnaden om frontfagsmodellen. Utvalet skal levere sin rapport til finansministeren innan 15. desember 2023. I mars 2023 sette regjeringa ned eit utval som skal sjå på omfang og utvikling av låge lønningar. Utvalet skal mellom anna sjå på kjenneteikn ved låglønte. det skal òg vurdere eksisterande verkemiddel og institusjonelle forhold med betydning for omfanget av låglønn og eventuelt foreslå endringar i dei.

Delmål 8.10) Styrkje evna nasjonale finansinstitusjonar har til å utvide tilgangen til og stimulere til bruk av bank- og forsikringstenester og finansielle tenester for alle

Ny finansavtalelov og finansavtaleforskrift tredde i kraft 1. januar 2023. Lova styrkjer retten forbrukarane har til kontoavtale og betalingstenester. Forskrifta gjev reglar som gjer det enklare å sikre barn under omsorg av barnevernet tilgang til konto og betalingstenester.

Delmål 9.3) Auke tilgangen til finansielle tenester, inkludert rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje posisjonen til desse bedriftene og integrere dei i verdikjeder og marknader

God kapitaltilgang og ein velfungerande kapitalmarknad er viktig for berekraftig vekst, omstilling og innovasjon. Samla sett fungerer den norske finansmarknaden godt, og kredittverdige kundar og lønnsame prosjekt får generelt dekt kapitalbehova sine i marknaden gjennom eit diversifisert finansieringstilbod. Sterke og solide sparebankar med unik kompetanse og nærvær i dei lokale marknadene sine er viktige for kapitaltilgangen i distrikta, særleg for nye og mindre verksemder. Den norske finansmarknadsreguleringa legg til rette for godt fungerande kapitalmarknader, og det vert lagt stor vekt på å halde ved lag ein trygg og stabil finanssektor som er robust mot forstyrringar og har evne til å halda oppe tenestetilbodet òg i dårlegare tider, mellom anna gjennom krav til tilstrekkeleg soliditet og likviditet i finansføretaka. Den norske verdipapirmarknaden er ei effektiv finansieringskjelde for næringslivet, og god regulering og godt tilsyn er viktige tiltak for å sikra velordna og transparente verdipapirmarknader.

Delmål 10.c) Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under 3 prosent ved pengeoverføringar frå migrantar til heimlandet og avskaffe overføringsordningar med gebyr som overstig 5 prosent.

Prisen på pengeoverføringar til andre land heng mellom anna saman med storleiken på beløpet og om transaksjonen gjennomførast fysisk eller digitalt. Prisen utgjer ein lågare del av beløpet, jo høgare overføringsbeløpet er, og fysiske overføringar er dyrare enn digitale. Per. 1. januar 2023 var prisen på overføringar til eit utval land om lag 2 pst. av et beløp på 5000 kroner via bank og over internett, og noko høgare ved overføring hos andre finansielle føretak og betalingsføretak.

Delmål 10.4) Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av skilnader

Noreg er mellom dei landa i verda som har minst ulikskap. Dette gjeld både fordelinga av inntekt og av levekår og livskvalitet. Låg ulikskap er eit sentralt rettferdsprinsipp som også vert knytt til høg mellommenneskeleg tillit og tiltru til styresmaktene. I Noreg, som i dei fleste andre land, har inntektsulikskapen auka noko dei siste 30 åra. Ulikskapen i formue er høg og aukande. Det har over tid vorte ein større del personar som lever i hushald med vedvarande låginntekt, og det har òg vorte fleire barn i låginntektshushald.

Skattesystemet er eit sentralt verktøy for omfordeling. Personskattlegginga er progressiv. Skattesystemet bidrar til å redusere den målte inntektsulikskapen direkte med nærare 40 prosent. Skattesystemet påverkar også fordelinga av økonomiske ressursar ved å skaffe staten inntekter som finansierer offentlege tenester, og ved å påverke økonomisk aktivitet. I eit fordelingsperspektiv er det viktig at skattesystemet støttar opp om høg deltaking i arbeidslivet og skaffar staten inntekter på ein måte som er lite skadeleg for økonomien. Regjeringa ynskjer eit skatte- og avgiftssystem som bidrar til sterkare sosial og geografisk omfordeling. I tråd med Hurdalsplattforma er det gjennomført endringar for å redusere inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner og auka skatt for store formuar og inntekter.

10.5) Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket

Styresmakter frå fleire land og internasjonale organ har arbeidd i fleire tiår for felles reglar på finansmarknadsområdet, for å bidra til eit meir robust finanssystem globalt. Baselkomiteen for banktilsyn har ei sentral rolle i arbeidet med internasjonale reglar for bankverksemd. Komiteen har utarbeidd omfattande forslag til bankregelverk i tre bolkar: Basel I, II og III. Komiteen har inga overnasjonal mynde, men medlemslanda har forplikta seg til å implementere Baselkomiteens tilrådingar.

Sidan den globale finanskrisa i 2008 har òg Financial Stability Board (FSB) og dei europeiske tilsynsmaktene European Banking Authority (EBA), European Securities and Markets Authority (ESMA) og European Insurance and Occupational Pensions Authority (EIOPA) hatt sentrale roller i det internasjonale samarbeidet om finansmarknadsregulering. Norske styresmakter deltar i det omfattande tilsynssamarbeidet i EØS.

I Europa utarbeider EU-kommisjonen framlegg til finansmarknadsregelverk. EBA, ESMA og EIOPA hjelper EU-kommisjonen i arbeidet. Framlegga byggjar som regel på internasjonale tilrådingar, som dei frå Baselkomiteen som omhandlar bankregulering. Deretter vedtar EU-rådet og EU-parlamentet regelverket basert på framlegg frå EU-kommisjonen. Finansmarknadsreguleringa i Noreg følgjer i stor grad utviklinga i EU gjennom EØS-avtala.

Mål 16.4 Innen 2030 oppnå en betydelig reduksjon av ulovlige finans- og våpenstrømmer, gjøre det enklere å spore opp og returnere stjålne eiendeler og bekjempe alle former for organisert kriminalitet

Dei siste åra har Finanstilsynet styrka tilsynsinnsatsen sin knytta til kvitvaskingsregelverket. Av relevant aktivitet frå det siste dryge året, kan følgjande nemnast: I mai 2023 publiserte Finanstilsynet ei ny risikovurdering om kvitvasking og terrorfinansiering. I tillegg til å danne grunnlag for Finanstilsynets risikobaserte tilsynsverksemd, inneheld ho informasjon som er venta å inngå i dei risikovurderingane som rapporteringspliktege etter kvitvaskingsregelverket er venta å gjere. Finanstilsynet har òg revidert rettleiaren til kvitvaskingsregelverket. Dette rundskrivet gjev uttrykk for Finanstilsynets tolkning og forvaltningspraksis knytta til kvitvaskingsregelverket og gjeld alle rapporteringspliktige under tilsyn frå Finanstilsynet. Dette skal dermed òg vere til hjelp for rapporteringspliktige som skal innrette versemda si etter regelverket. Rundskrivet var ferdig i november 2022. I juni 2023 vart det publisert ein ny rettleiar om dei såkalla «frysfråsegnene» i sanksjonsregelverket. Dette arbeidet er gjort i samarbeid med Utenriksdepartementet og andre råka styresmakter. Rettleiaren skal gi praktisk rettleiing om etterlevinga av frysfråsegnene.

Til forsida