Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 800–883, 2530, 2531 Inntektskapittel: 3841–3883, 5706

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudprioriteringar

Alle barn og unge og familiane deira skal ha gode levekår, og barn og unge skal ha like høve til å delta på viktige samfunnsarenaer i oppveksten. Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk legg til rette for gode oppvekstvilkår, betre livskvalitet for den einskilde og deltaking i samfunnslivet. Ein politikk som støttar opp om familiane, skal òg kunne medverke til å redusere skilnadene i samfunnet, ta i vare barn sine rettar og gi dei moglegheit til å utvikle ressursane sine. Dette kan også gi samfunnsøkonomiske vinstar, både i dag og i framtida.

Fleire familiar opplever at levekostnadene har auka dei siste åra, og høgare prisar kan skape økonomiske utfordringar dersom inntekta ikkje veks. Å styrkje universelle velferdsgode, som auka barnetrygd og billigare barnehage, har vore viktige prioriteringar og bidreg til å betre økonomien for barnefamiliane.

Regjeringa vil gi barn, unge og familiar gode føresetnader til å leve gode og sjølvstendige liv. Dei fleste barn og ungdommar i Noreg har gode oppvekstvilkår. Ein del barn og unge opplever likevel utfordringar som pregar livet deira, og som inneber ein risiko for å hamne utanfor på sikt. Alle barn skal ha like moglegheiter, uavhengig av bakgrunnen deira. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet for å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv.

Familien er det viktigaste i barn sin oppvekst. Foreldreansvaret inneber at foreldra har plikt til å gi barnet omsorg, omtanke og forsvarleg oppseding. Foreldre kan trenge hjelp, å styrkje foreldre i rolla kan betre barn sine oppvekstvilkår. Regjeringa vil leggje godt til rette for at foreldre får hjelp til å handtere utfordringar og løyse konfliktar, slik at foreldra kan oppfylle foreldreansvaret sitt og vere gode omsorgspersonar for barna sine.

Regjeringa vil arbeide for at barnevernet oppfyller ansvaret sitt om å gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Retten barnet har til vern, og prinsippet om det beste for barnet er grunnleggjande i det vidare arbeidet. Barn og unge som treng hjelp frå barnevernet, skal få tidleg og samordna hjelp som bidreg til tryggleik og positiv endring for barnet og familien. Foreldre skal òg få hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine. Barn, unge og familiane deira skal møte tenester i ein kommune, som i tråd med barnevernsreforma, gir tidleg hjelp. Dei skal òg møte ei kommunal barnevernsteneste som førebyggjer negativ utvikling, sørgjer for gode og rettssikre prosessar der barn og foreldre blir involverte og lytta til, og som evnar å gi rett hjelp til barn og familiar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Dette føreset at alle kommunar har barnevernstenester med god kompetanse, tilgang på hjelpetiltak, stabile fagmiljø og som samhandlar med andre tenester i kommunen. God kvalitet handlar òg om god og tilstrekkeleg kapasitet. Mange kommunar inngår i eit interkommunalt samarbeid for å få til dette.

Barn og unge som har samansette utfordringar og store hjelpebehov, og som ikkje kan bu heime, skal få ein stabil omsorgssituasjon, utviklingsstøtte og vern i ein fosterheim eller i ein barnevernsinstitusjon. Rettstryggleiken og kvaliteten på avgjerder og tenestetilbodet skal sørgje for at det einskilde barnet får eit treffsikkert tilbod, eit tilbod som gir oppleving av ro, tryggleik, meistring, positiv endring og at dei får bruke ressursane sine. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei kvalitetsreform med tiltak for god kvalitet og rettstryggleik i kommunalt og statleg barnevern våren 2025. I meldinga vil regjeringa konkretisere innhaldet i ei ny retning for institusjonsbarnevernet. Regjeringa tek situasjonen knytt til varetaking av bistandsplikta alvorleg. Det er sett i verk fleire tiltak med sikte på varetaking av bistandsplikta, mellom anna ei omstilling og styrking av det statlege tilbodet, for å auke kapasiteten og ha eit meir fleksibelt tilbod. Det er òg inngått avtalar om fleire plassar hos private leverandørar.

Trygg og god omsorg i familien er viktig for alle barn. Det er eit mål at ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Regjeringa prioriterer arbeidet høgt, mellom anna gjennom oppfølging av opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028).

Det har over tid vore ein auke i registrert kriminalitet blant barn og unge, særleg i gruppa under 15 år. Det er ei lita gruppe som gjer gjenteken og alvorleg kriminalitet, og som står for mykje av auken for aldersgruppa. Det har òg vore ein markant auke i talet på innsetjingar av mindreårige i fengsel dei to siste åra. Regjeringa føreslår totalt 405 mill. kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Tiltaka skal målrettast mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid. Regjeringa har òg sett ned ei ekspertgruppe som skal finne nye tiltak for barn og unge som gjer gjenteken eller alvorleg kriminalitet. Ekspertgruppa skal bl.a. sjå på moglegheita for å etablere eit nytt bu- og rehabiliteringstilbod, men òg mindre inngripande tiltak skal vurderast. Arbeidet skal etter planen ferdigstillast innan 1. mars 2025. Sjå òg omtale under Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Tiltak på BFDs område er nærare omtalt under Familie og oppvekst og Barnevern nedanfor.

Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit fritt og demokratisk samfunn. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om trua eller livssynet til andre. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for einskildmenneske og for storsamfunnet. For mange menneske utgjer dei viktige trusfellesskap, og dei skaper tilhøyrsel og identitet.

Noreg har ei kristen kulturhistorie som også kjem til uttrykk gjennom kyrkjene og gravplassane i landet. Nær 1 000 kyrkjer er utpeikte av Riksantikvaren som kulturhistorisk verdifulle. Det er eit uttalt mål for trus- og livssynspolitikken at ein må sikre dei kulturhistoriske verdiane som desse kyrkjestadene representerer, og balansere omsynet til bruk og vern. Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, og staten skal bidra med tilskot til istandsetjing i tråd med bevaringsstrategien. Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Forbrukarpolitikken skal vareta og styrkje interessene, vernet og tryggleiken til forbrukarane og leggje til rette for at forbrukarane kjenner rettane sine og veit kva dei kan gjere dersom dei opplever problem med varer og tenester dei har kjøpt. Ved tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande og mellom privatpersonar om kjøp og sal skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte. Forbrukarpolitikken skal òg leggje til rette for at forbrukarane kan ta informerte val og kunne velje varer og tenester ut frå kunnskapar om konsekvensane produksjonen og bruken kan ha for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve.

Skal forbrukarane kjenne tryggleik i og ha tillit til marknadene, er det avgjerande at opplysingane dei får om prisar og vilkår for ulike varer og tenester, er korrekte og forståelege. Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Reglane som skal verne forbrukarane, skal utviklast og innrettast slik at dei kan møte utfordringane som følgjer av mellom anna nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. Til dømes kan plattformer, algoritmar og målretta marknadsføring gi utfordringar for forbrukarane. Regelverket som skal vareta forbrukarvernet til barn i digitale medium, skal styrkjast. Marknadsføring som er skadeleg og ulovleg, skal motverkast, og barn skal vernast mot kommersielt press når dei nyttar digitale medium.

Dei aller fleste daglege aktivitetane til barn og unge har ein digital komponent, og mykje skjer på kommersielle plattformer. Store delar av innhaldet på sosiale medium er ikkje eigna for barn. Likevel syner rapportane frå Medietilsynet at om lag halvparten av alle niåringane nyttar sosiale medium dagleg. Regjeringa vil gi barn og unge ein trygg, aktiv og deltakande oppvekst og vil leggje fram ei stortingsmelding om dette.

1.1 Familie og oppvekst

Regjeringa vil føre ein familie- og oppvekstpolitikk som bidreg til gode oppvekstvilkår uavhengig av inntekt og kvar ein bur. Regjeringa er derfor oppteken av å styrkje dei universelle ordningane og tenestene.

Barn som veks opp i Noreg, skal oppleve god omsorg og ha høve til å utvikle seg. Familien er det viktigaste tryggingsnettet for barn og unge. Politikken skal styrkje foreldre i foreldrerolla deira og skal gi støtte og hjelp før utfordringane veks til alvorlege problem som rammar barnet. Foreldre kan ha ulike behov, og det er viktig at tenestene kan gi eit tidleg, tilpassa og samordna tilbod.

Familie- og oppvekstpolitikken skal gjere det mogleg å kombinere familie, jobb, fritidsaktivitetar og barn i kvardagen. At foreldra deltek i arbeidsmarknaden, er viktig for norsk økonomi, for å oppretthalde velferdsstaten og for å finansiere ytingar og tenester til barnefamiliane over tid.

Dette har vore viktige tiltak for barn, unge og familiar i 2023 og så langt i 2024:

  • Barnetrygda til barn over 6 år er styrkt med 200 kroner per månad i 2023 og med ytterlegare 256 kroner per månad i 2024, slik at barnetrygda igjen er éin og same sats per barn.

  • Barnetrygda for einslege forsørgjarar vart auka med 5 000 kroner i året frå 2023. I tillegg vart særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet avikla og den utvida barnetrygda auka tilsvarande verdien av eit maksimalt frådrag på 11 544 kroner i året. Omlegginga var ei forenkling av støtta til einslege og gav auka støtte til dei som ikkje hadde inntekt nok til fullt skattefrådrag.

  • Inntektsgrensa i den behovsprøvde forskoteringsordninga til einslege forsørgjarar som ikkje får eit barnebidrag frå den andre forelderen vart heva særskilt i 2023 for at også desse foreldra skulle få auka støtte då ein la om frå særfrådrag til utvida barnetrygd.

  • Foreldrepengeordninga er forlengd for dei med 80 prosent dekningsgrad, frå 59 veker (295 dagar) til 61,2 veker (306 dagar). Slik vil den samla utbetalinga av foreldrepengar vere lik ved 100 prosent og 80 prosent dekningsgrad.

  • Fedrar og medmødrer sin sjølvstendige rett til foreldrepengar er styrkt ved at retten deira til å ta ut foreldrepengar utan omsyn til kravet til aktivitet hos mor er utvida frå åtte til ti veker.

  • Arbeidet med etteradopsjon er styrkt.

  • Arbeidet mot vald og overgrep er styrkt: Det er over 100 mill. kroner i auka løyving til tiltak i opptrappingsplanen mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn, mellom anna 10 mill. kroner til tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak og 10 mill. kroner til å starte etableringa av ei undersøkingsordning for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn.

  • Innsatsen mot vald og overgrep vart auka ytterlegare i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024, mellom anna med tilskot til ulike hjelpetenester i regi av frivillige organisasjonar og tilskot til Alternativ til Vold (ATV).

  • Grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar er styrkt med 10 mill. kroner.

  • Meir til arbeid med å inkludere barn og unge: Tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge er styrkt med 96 mill. kroner i 2023 og 50 mill. kroner i 2024, der delar vart prioriterte til utstyrssentralar og lokale fritidskassar.

  • Forsking for utsette for barn og unge er styrkt.

  • Maksimalprisen i barnehage er redusert frå 3 000 kroner til 2 000 kroner per månad frå 1. august 2024. I kommunar med ein sentralitetsindeks på 5 og 6 er maksimalprisen redusert til 1 500 kroner per månad – Kunnskapsdepartementet.

  • Frå august 2023 er det inga foreldrebetaling i barnehage i Nord-Troms og Finnmark – Kunnskapsdepartementet.

  • Frå august 2023 er det inga foreldrebetaling for det tredje barnet når ein har tre barn i barnehage samstundes.

  • Ny opplæringslov tok til å gjelde hausten 2024. I 2024 prioriterer regjeringa om lag 1,2 mrd. kroner til tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

  • 10 mill. kroner til oppfølging av tiltak i handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftsaktivitetar – Kultur- og likestillingsdepartementet

  • 40 mill. kroner til å styrkje ordninga med områdesatsingar – Kommunal- og distriktsdepartementet

  • 8 mill. kroner for å skjerme inntekta til heimebuande 18- og 19-åringar i berekninga av bustøtte frå oktober 2024, i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024 – Kommunal- og distriktsdepartementet

  • Om lag 46 mill. kroner årleg til styrkt bustøtte til barnefamiliar for å hindre at aukane i barnetillegga til dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad gir redusert bustøtte – Kommunal- og distriktsdepartementet

  • 20 mill. kroner til Jobbsjansen i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024. Dette inneber oppstart for 240 fleire deltakarar i 2024 – Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

  • 36 mill. kroner til å auke barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar til å utgjere 36 kroner per barn per dag frå 1. januar 2024 – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 250 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse, rus og helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2024, mellom anna:

    • 150 mill. kroner til psykisk helse og rus som ein del av veksten i rammetilskotet til kommunane – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 40 mill. kroner i auka rammetilskot til helsestasjons- og skulehelsetenesta – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 10 mill. kroner til Nasjonalt program for rusførebyggjande arbeid – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 5 mill. kroner til vidareutvikling av DigiUng og ung.no – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 12,5 mill. kroner til Nasjonal satsing på utvikling og implementering av oppsøkjande metodikk – Helse- og omsorgsdepartementet

Hovudprioriteringar i 2025

Regjeringa vil gi barn, unge og familiar gode føresetnader til å leve gode liv. Dei fleste norske barn og ungdommar har gode oppvekstvilkår. Ein del barn og unge opplever likevel utfordringar som pregar livet deira, og som inneber ein risiko for å hamne utanfor på sikt. Barnehage, skule, SFO og sosiale aktivitetar er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge og deira familiar. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding som skal forsterke politikken om å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Dette krev betre samanheng i politikkutviklinga og at tiltak som har effekt, blir prioriterte.

Regjeringa tek sikte på å setje i gang eit samfunnsoppdrag for å redusere delen barn og unge utanfor arbeid, utdanning og samfunnsliv. Etter planen vil arbeidet skje i samhandling med mellom anna det frivillige, kommunane og partane i arbeidslivet. Arbeidet har eit langsiktig perspektiv og skal mellom anna bidra til nye arbeidsmåtar og meir kunnskapsbaserte tiltak for å inkludere barn og unge.

Regjeringa vil gi barn og unge ein trygg, aktiv og deltakande digital oppvekst og tek sikte på å fremje ei melding til Stortinget hausten 2024. Det er Barne- og familiedepartementet som har det koordinerande ansvaret for barn og unges digitale oppvekst. Teknologien gir mange moglegheiter og styrkjer høvet til å skaffe informasjon og å ytre seg. Samstundes blir barn sine rettar og ivaretakinga av dei utfordra. Særleg gjeld dette person-, forbrukar- og rettsvern. Eit døme på dette er ein igangverande samfunnsdebatt om aldersgrenser på sosiale medium. Det er eit mål at barn og unge får ein deltakande og trygg digital oppvekst. Meldinga skal byggje opp under dette målet og medverke til ein meir heilskapleg politikk på feltet.

Foreldre er avgjerande for helsa til, livskvaliteten og utviklinga hos barnet. Å styrkje foreldre i rolla deira vil betre barn sine oppvekstvilkår. Når foreldra har utfordringar, som høgt konfliktnivå, kan dette ha alvorlege, negative konsekvensar for barn. Det skal derfor leggjast godt til rette for at foreldre får hjelp til å handtere utfordringar og løyse konfliktar. Familiar skal få støtte og hjelp før utfordringane veks til alvorlege problem som rammar barnet. Det foreldrestøttande tilbodet frå kommunane og foreldrehverdag.no står sentralt når det gjeld råd og rettleiing til foreldre. Familieverntenesta kan gi hjelp der utfordringar blir til vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep krev kontinuerleg innsats frå ei rekkje verksemder og tenester. Målet er òg å gi god hjelp og støtte til valdsutsette. Hausten 2023 la regjeringa fram ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Stortinget slutta seg til planen i mai 2024. Regjeringa vil i 2025 arbeide med å følgje opp tiltaka i planen. Regjeringa er i gang med å etablere ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon våren 2025 med forslag til regulering av ordninga i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet.

BFD føreslår 10 mill. kroner til å etablere ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine.

Det er komme fram opplysingar om alvorlege tilhøve i granskingar som andre land har gjort av adopsjonssystemet, og i einskilde utanlandsadopsjonar til Noreg. Regjeringa har derfor sett i gang ei ekstern gransking som skal sjå nærare på om systemet for utanlandsadopsjonar har vore forsvarleg. Utvalet legg fram sin rapport innan utgangen av 2025. Departementet fekk i januar 2024 ei tilråding frå Bufdir om å stanse alle utanlandsadopsjonar mellombels medan granskingsutvalet arbeider. Regjeringa har bestemt å ikkje innføre ein generell mellombels stans, men vil følgje opp forslaga til Bufdir om å innføre risikoreduserande tiltak på adopsjonsfeltet. Etter oppdrag frå departementet har Bufdir vidare gått gjennom alle formidlingsløyva til Noreg og trekt tilbake eller avslått løyva for nær alle samarbeidsland. Departementet har fått klage på fleire av vedtaka. Klagene blir handsama hausten 2024. BFD har fått tilbakemelding frå adopsjonsorganisasjonane om at det er i ein pressa situasjon som følgje av at dei fleste formidlingsløyva er trekt tilbake. Departementet føreslår derfor ekstra midlar til organisasjonane i 2025. Regjeringa er òg oppteken av å sikre god oppfølging av adopterte og familiane deira og har fått på plass fleire etteradopsjonstiltak det siste året. Dei inkluderer ei kompetanseteneste som kan gi råd og rettleiing til adopterte og foreldre, ei teneste for bistand til søk etter biologisk opphav, samtalestøtte til adopterte over 16 år og kurs til adoptivforeldre, der rasisme og utanforskap er blant temaa som skal inkluderast.

Det samla fruktbarheitstalet i Noreg var i 2023 lågare enn nokon gong tidlegare. Regjeringa meiner det er naudsynt å få meir kunnskap om årsakene til utviklinga i fødselstala og kva for konsekvensar det kan få for samfunnet. Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal sjå på dette og komme med tilrådingar om tiltak og verkemiddel som, om mogleg, kan bidra til å støtte opp om auka fødselstal i Noreg. Utvalet skal levere ein delrapport våren 2025 og endeleg rapport i 2026.

Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2025:

  • Ein lovproposisjon om ny barnelov

  • Ein lovproposisjon om ny lov om familieverntenesta

  • Ein lovproposisjon om krisesentertilbodet

  • 10 mill. kroner til å etablere ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine

  • Få på plass ei undersøkingsordning for saker som gjeld drap, vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn i Statens helsetilsyn

  • 405 mill. kroner til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet, herunder:

    • 145 mill. kroner til auka kapasitet for mindreårige i kriminalomsorga – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 100 mill. kroner til beredskapsteam og andre skulemiljøtiltak – Kunnskapsdepartementet

    • 34 mill. kroner til forbetring av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølgjing og etablering av hurtigspor i Oslo – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 26 mill. kroner til oppbygging av MST-tilbod – sjå omtale under Barnevern

    • 20 mill. kroner til utrulling av RISK i politidistrikt – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 20 mill. kroner til pilotering av barnevernsinstitusjontilbod – sjå omtale under Barnevern

    • 20 mill. kroner til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande tiltak – sjå omtale under Familie og oppvekst

    • 10 mill. kroner til utvikling av regelverket for å få bukt med gjengkriminalitet – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 10 mill. kroner til ny tilskotsordning for SLT – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 10 mill. kroner til å styrkje områdesatsingar i Oslo sør og Oslo indre aust – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

    • 10 mill. kroner til tilskot til møteplassar for unge gutar og menn – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 8 mill. kroner til tiltak mot vald og overgrep frå Revidert nasjonalbudsjett blir førte vidare i 2025.

  • Vurdere tilrådingar i fyrste delrapport frå utval om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar

  • Følgje opp adopsjonsfeltet vidare, mellom anna med auka løyving til Bufdir og adopsjonsorganisasjonane

  • Evaluere tilskotsordninga Tilskot for å inkludere barn og unge

  • Auka tilskot til LNU, Ungdom og fritid og Unge funksjonshemmede

  • 7 mill. kroner til tiltak for ein tryggare digital oppvekst for barn og unge, irekna arbeid mot negative effektar av sosiale medium

  • 40 mill. kroner til å styrkje fleire tilskotsordningar til frivillige organisasjonar som bidreg til at fleire barn og unge kan delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar – Kultur- og likestillingsdepartementet

  • 600 mill. kroner til tiltak for å få fleire i arbeid, mellom anna:

    • 68 mill. kroner til å styrkje Jobbsjansen – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

    • 17 mill. kroner til lågterskeltilbod for unge med samansette utfordringar – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 400 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse og rus, mellom anna:

    • 150 mill. kroner til psykisk helse og rus som en del av veksten i rammetilskotet til kommunane – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 136 mill. kroner til etablering av nye tryggleiksbustadar, overgangsbustadar, ambulante tryggleiksteam og tryggleikspsykiatrisk tilbod til barn og unge – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 45 mill. kroner til vurderingssamtale i psykisk helsevern, der 30 mill. kroner foreslås til barn og unge – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 25 mill. kroner til ABC-kampanje for psykisk helse – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 37 mill. kroner til fritak frå eigenandelar for pasientar til og med 25 år for behandling i offentleg psykisk helsevern – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 7 mill. kroner til gratis langtidsverkande prevensjon til kvinner i TSB – Helse- og omsorgsdepartementet

  • 5 mill. kroner til digital foreldrestøtte – Helse- og omsorgsdepartementet

1.2 Barnevernet

Mange barn og foreldre får god hjelp frå barnevernet. Samstundes viser tilsynsrapportar, forskingsrapportar og utgreiingar at det er utfordringar når det gjeld rettstryggleiken i alle ledda av arbeidet, både i kommunalt og statleg barnevern og frå undersøkingsfasen til ettervernsfasen. Mellom anna har ikkje retten barn har til medverknad, blitt godt nok vareteken. Det er vidare utfordringar i sakshandsaminga, avgjerdsprosessane og tenestetilbodet.

Det har vore ei prioritert oppgåve for regjeringa å styrkje rettstryggleiken for barn og familiar, og å heve kvaliteten på arbeidet og tiltak i barnevernet. Det har blitt sett i gang fleire tiltak og endringsprosessar for å møte utfordringane. Dette har vore dei viktigaste tiltaka i 2023 og det fyrste halvåret 2024 på barnevernsområdet:

  • Det vart i 2023 starta eit omfattande arbeid for å følgje opp lovnaden i Hurdalsplattforma om å gjennomføre ei kvalitetsreform i barnevernet. Eit høyringsnotat med ei rekkje forslag til endringar i barnevernslova vart sendt på høyring i april 2024. Høyringsnotatet tek mellom anna utgangspunkt i tilrådingar frå NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid – Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet og NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit.

  • Som oppfølging av NOU 2023: 24vart det 2. mai 2024 lagt fram ein strategi for institusjonstilbodet. Strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud tydeleggjer kva ambisjonar og mål regjeringa har for institusjonstilbodet.

  • Ein gjennomgang av Bufetats varetaking av bistandsplikta i barnevernet vart gjennomført i 2024. Gjennomgangen har bidrege til betre informasjon om situasjonen. Det er mellom anna blitt vurdert kva behov kommunane har for tiltak frå Bufetat, og kva kommunane sjølve kan gjere betre, kva utfordringane på området kjem av, og kva for tiltak som kan bli vurderte. Vurderingane i rapporten underbyggjer kor viktig det er å styrkje statleg kapasitet og fleksibilitet og å auke kapasiteten i tilbodet hos private leverandørar.

  • Ein områdegjennomgang av det statlege institusjonsbarnevernet blir gjennomført i 2024. Områdegjennomgangen skal, saman med mellom anna NOU 2023: 24, gi grunnlag for betre innretning, finansiering og organisering av det statlege tilbodet av institusjonstiltak.

  • Arbeidet med å styrkje beredskapen i institusjonsbarnevernet, og gjere dei statlege barnevernsinstitusjonane i stand til å ta vare på barna med dei største og mest samansette behova, vart vidareført i 2023 og 2024. Omstillinga skal gi auka kapasitet og fleksibilitet og sørgje for at beredskapen blir auka, slik at ein vil bli mindre avhengig av dyre einskildkjøp av plassar. Bufdir har på oppdrag frå departementet utarbeidd ein plan for å vareta bistandsplikta i 2024 og 2025. Departementet følgjer opp planen.

  • Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i vart lagd fram i juni 2024. Meldinga gjer greie for fleire tiltak som skal bidra til å rekruttere og halde på fleire fosterheimar, gi betre oppfølging og føreseielege rammar for fosterheimane og meir ro og stabilitet for barna. I meldinga er det òg omtale av tiltak som kan gjere omsorgsutøvinga enklare for fosterforeldre.

  • Ei ny barnevernslov tok til å gjelde 1. januar 2023. Bufdir har i 2023 og inn i 2024 gjort eit omfattande arbeid for å sikre at rundskriv, rettleiingar og retningslinjer er i tråd med gjeldande lov og forskrift.

  • Arbeid med å styrkje hjelpetiltaksarbeidet i det kommunale barnevernet vart vidareført, og det vart sett i verk tiltak for å få eit meir likeverdig tilbod av spesialiserte hjelpetiltak i heile landet.

  • Kompetansetiltaka i barnevernet vart vidareførte i 2023 og 2024. Tiltaka inkluderer ulike vidareutdanningar for tilsette og leiarutdanning, læringsnettverk mellom kommunar og tenestestøtteprogrammet som kan gi barnevernstenester hjelp til å utvikle eigne arbeid med undersøking og oppfølging av hjelpetiltak. Bufdir har sett i gang eit arbeid med å kartleggje kompetanse- og utviklingsbehov i barnevernstenestene og institusjonane, som grunnlag for å vidareutvikle tiltaka slik at dei blir meir treffsikre.

Hovudprioriteringar i 2025

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til dei aller mest sårbare barna. Barn og familiar skal få tidleg hjelp og tilbod nær der dei bur. Hjelpa skal byggje på ressursane og behova til barna. Målet er at dei skal klare seg sjølve i livet som vaksne. For å nå desse måla tek regjeringa sikte på å leggje fram ei kvalitetsreform i barnevernet. Reforma skal styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre, gi auka stabilitet i fosterheim, gi barn i institusjon eit tilbod som er i tråd med behova deira for omsorg og vern, og bidra til at barn og familiar opplever at barnevernet er tilgjengeleg og har tilstrekkeleg tid og bemanning. Kvalitetsreforma vil bli lagd fram som ein lovproposisjon med meldingsdel våren 2025. Lovproposisjonen byggjer på forslaga som vart presenterte i høyringsnotatet av 8. april 2024, og innspela departementet fekk gjennom høyringa. Reforma byggjer vidare på tilrådingar frå Barnevernsutvalet i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtidGjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet og utgreiinga til Barnevernsinstitusjonsutvalet i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit.

Arbeidet med kvalitetsreforma i barnevernet skjer samstundes med at det allereie går føre seg eit omfattande omstillingsarbeid og endringsprosessar i det kommunale og statlege barnevernet. Det er sett i gang tiltak for å styrkje arbeidet med hjelpetiltak i den kommunale barnevernstenesta, slik at utsette barn og unge kan få tidleg og tverrfagleg hjelp i samsvar med behovet dei har. Framover vil regjeringa leggje vekt på vidare implementering av allereie utvikla faglege verktøy og rettleiingar, til dømes barnevernsfagleg kvalitetssystem og grunnmodell for hjelpetiltak. Grunnmodellen er ein arbeidsmodell som strukturerer hjelpetiltaksarbeidet, og betrar evna tenestene har til å gi hjelp til familiar med barn i alle aldrar. Foreldrerettleiing er eit mykje nytta familieretta hjelpetiltak. Familieråd er eit anna tiltak som kan bli nytta i ulike høve der det er viktig å kartleggje ressursane i familien og nettverket til barnet. Regjeringa vil vidare konsentrere seg om tiltak som betrar samhandlinga mellom barnevern og andre tenester, både i det førebyggjande arbeidet og i dei alvorlege sakene. Meir stabilitet i tenestene er viktig for å auke kvaliteten på det faglege arbeidet. Regjeringa vil styrkje oppfølginga av nytilsette i tenestene, og vurdere tiltak som gjer tenestene betre i stand til å halde på tilsette med verdifull erfaring.

Det er sett i verk fleire tiltak for å gjere barnevernsinstitusjonane og fosterheimane i stand til å ta vare på dei barna dei har omsorg for. Regjeringa vil føre vidare dette arbeidet i 2025. Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod som fremjar ro, tryggleik, tillit, positiv utvikling og tek vare på relasjonar som er viktige for barnet. Regjeringa vil prioritere tiltak som gjer at Bufetat kan vareta bistandsplikta på institusjonsområdet. Tilbodet til barn som bur på ein barnevernsinstitusjon, skal tilpasse seg etter behova og ressursane til barna. Alle barn, inkludert barn med rusutfordringar, kognitive funksjonsvariasjonar og psykiske lidingar, skal få trygg og heilskapleg hjelp. Regjeringa vil òg følgje opp strategien for institusjonsbarnevernet som vart lagd fram 2. mai 2024. Det er eit langsiktig arbeid som har som mål å gi god og samordna hjelp til dei barna som bur på institusjonane, og som legg til rette for at barna skal sleppe å flytte fleire gonger. Den vidare utviklinga av institusjonstilbodet skal sjåast i lys av strategien. Regjeringa vil i 2025 starte utprøving av ein ny måte å innrette institusjonstilbodet på, i tråd med strategien regjeringa har for institusjonstilbodet og forslaga i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen.

Regjeringa vil etablere nye statlege institusjonsplassar i tråd med målet om varetaking av bistandsplikta, og at fleire av barna med dei største og mest samansette behova skal bli varetekne i dei statlege institusjonane. Dette kjem i tillegg til ei styrking av løyvinga til det statlege barnevernet som følgje av behov for å gjere fleire einskildkjøp, auka prisar på einskildkjøp og forventa auke i utgifter til dei private rammeavtalane for å kunne vareta bistandsplikta, og redusere behovet for einskildkjøp i framtida. Vidare oppbygging av statleg kapasitet vil vere ein prioritet framover. Regjeringa ønskjer òg eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Dei overordna måla om å vareta bistandsplikta, auke beredskapen og betre kostnadskontrollen, inneber òg at det framleis vil vere behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet.

Regjeringa vil følgje opp tiltak varsla i meldinga til Stortinget om fosterheimsomsorga som vart lagd fram 21. juni 2024. Måla for meldinga er mellom anna å bidra til at barn og unge med behov for ein fosterheim får det når dei treng det, at dei får ein trygg og stabil omsorgssituasjon, og at dei ikkje opplever unaudsynlege flyttingar og brot i fosterheimen. Det er òg tiltak i meldinga som skal vere med på å gjere omsorgsutøvinga enklare for fosterforeldre.

Barnevernet tek avgjerder som kan få store konsekvensar for einskilde barn og vaksne. Høg kompetanse og god erfaring hos dei tilsette i tenesta er viktig for at barna får den hjelpa dei treng. Gode datasystem kan gi kvalitetsstøtte til dei tilsette i barnevernstenesta og medverke til at det blir samhandla effektivt på tvers av sektorar. Dei digitale løysingane i barnevernet må derfor bli vidareutvikla.

I 2025 vil regjeringa mellom anna prioritere disse tiltaka:

  • Leggje fram ein lovproposisjon med meldingsdel om kvalitetsreforma i barnevernet, med tiltak knytt til statleg og kommunalt barnevern og oppfølging av denne

  • Styrkje institusjonstilbodet med 197 mill. kroner til

    • å auke talet på statlege institusjonsplassar som kan vareta barn med dei største og mest samansette behova

    • å prøve ut endringar i måte å innrette og differensiere institusjonstilbodet på, i tråd med forslaget i NOU 2023: 24

    • å prøve ut eit barnevernsinstitusjonstilbod for barn og unge som gjer seg skuldig i gjenteken eller alvorleg kriminalitet – del av satsinga på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet

  • Auke løyvinga til det statlege barnevernet med 433 mill. kroner for

    • å handtere auka prisar og fleire einskildkjøp

    • å auke løyvinga til private rammeavtalar for å vareta bistandsplikta, behova til barna og redusere behov for einskildkjøp i framtida

  • Styrkje fosterheimsområdet med 114 mill. kroner til

    • fag- og tiltaksstøtte til kommunane

    • læringsnettverk slik at fleire kommunar kan etablere felles fosterheimstilbod og styrkje rettleiings- og støttefunksjonane for læringsnettverk og styrkje nettverk for barnevernsleiarar

    • tiltak for å bidra til auka bruk av familieråd

    • å auke rammetilskotet til kommunane for å kompensere kommunane med halvårsverknad i 2025 for dei forventa meirutgiftene for kompensasjon til tenestepensjon til fosterforeldre

  • Auka tilgang på naudsynt styringsinformasjon, analysedata og digitale løysingar med 28 mill. kroner til

    • oppdatering av sakshandsamingssystemet i det statlege barnevernet

    • digitalisering av samhandlinga mellom forvaltingsnivå og ulike aktørar i barnevernet

    • digital støtte til sakshandsamarar i statleg barnevern med mål om at sakshandsaminga blir god og effektiv og av høg kvalitet

  • 26 mill. kroner til oppbygging av MST-tilbod – del av satsinga på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet

1.3 Stillinga til forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal vareta og styrkje interessene, vernet og tryggleiken til forbrukarane. Forbrukarane står ofte overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskapar om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen.

I kjøpssituasjonar skal forbrukarane setjast i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og vete kva dei kan gjere dersom dei opplever problem med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Reglane som skal verne forbrukarane, skal utviklast og innrettast slik at dei kan møte utfordringane som følgjer av mellom anna nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. Til dømes kan plattformer, algoritmar og målretta marknadsføring gi utfordringar for forbrukarane. Regelverket som skal vareta forbrukarvernet til barn i digitale medium, skal styrkjast. Marknadsføring som er skadeleg og ulovleg, skal motverkast, og barn skal vernast mot kommersielt press når dei nyttar digitale medium. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande eller mellom privatpersonar om kjøp og sal, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i 2023 og fyrste halvåret 2024:

  • Løyvinga til Forbrukartilsynet vart auka i 2023 for å styrkje kapasiteten til regelverksutvikling og tilsyn med straummarknaden.

  • Løyvinga til marknadsportalar i Forbrukarrådet vart auka i 2023 for at straumprisportalen (strømpris.no) skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne prisane og vilkåra i ulike straumavtalar.

  • Løyvinga til Forbrukarrådet er auka for at rådet framleis kan representere forbrukarane i dei bransjevise klagenemndene på ein god måte.

  • Tilskotet til Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet er auka for at referansebudsjettet for hushaldsutgifter kan haldast ved lag og vidareutviklast.

  • Energilova er endra slik at det blir stilt strengare krav til marknadsføringa og forbrukarrettane ved fjernsal og butikksal av straumavtalar.

  • Gjeldsordningslova er endra for at personar med alvorlege betalingsproblem skal få betre og raskare hjelp.

  • For å halde handsamingstida låg og sørgje for at kapasiteten kan nyttast på sakene som har mest å seie for forbrukarane, er det frå 1. juli 2024 innført handsamingsgebyr for sakene til mekling i Forbrukartilsynet og sakene til Forbrukarklageutvalet.

  • Samarbeid om tilsyn, mellom anna «Aksjon injeksjon» mellom Forbrukartilsynet, Helsetilsynet og Direktoratet for medisinske produkt retta mot klinikkar som marknadsfører kosmetiske inngrep.

  • For å leggje til rette for ei tryggare og meir inkluderande russetid er Forbrukartilsynet i gang med å sjå nærare på avtalevilkår og marknadsføring som unge blir utsette for i russetida.

  • Forslag om forskriftsendringar som skal motverke matsvinn.

I 2023 og 2024 har òg BFD saman med andre departement i heilskap gått gjennom forbrukarvernet til barn i digitale medium for å vurdere om relevante regelverk og handhevinga av desse kan forbetrast.

Hovudprioriteringar i 2025

Høgare prisar på mange varer og tenester skaper utfordringar for mange forbrukarar. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane i denne situasjonen framleis skal ha eit sterkt vern som gir dei grunnlag for tryggleik i og tillit til marknadene. Opplysingane forbrukarane får om prisane på og vilkåra for ulike varer og tenester, skal vere korrekte og forståelege.

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane kan velje varer og tenester ut frå kunnskap om konsekvensane produksjonen og bruken av dei kan ha for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Forbrukarane skal få betre føresetnader for eit meir berekraftig forbruk. Som ein del av dette arbeidet skal regelverk frå EU som kan medverke til at forbrukarane får betre informasjon om mellom anna miljøaspekt ved produkt, følgjast opp. BFD vil vurdere innspel til forslag der det trengst for å ta vare på interessene til norske forbrukarar.

Handel gjennom digitale medium kan forenkle kvardagen til mange forbrukarar, men òg by på utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. For regjeringa er det viktig at reglane som skal verne forbrukarane, blir utvikla og innretta slik at dei kan møte nye utfordringar. Barn og unge er særleg utsette på digitale flater og vil få ekstra merksemd.

Interessene til forbrukarane skal varetakast gjennom eit effektivt og målretta tilsyn med at reglane som skal verne forbrukarane, blir etterlevde. Handsamingstida for forbrukarklager skal ned og haldast låg over tid.

Regjeringa vil motverke at privatpersonar får betalingsproblem som kan utvikle seg til alvorlege gjeldsproblem. Personar som har fått alvorlege gjeldsproblem, skal få betre og raskare hjelp.

Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2025:

  • Evaluere openheitlova

  • Føreslå regelverksendringar som skal styrkje forbrukarvernet til barn i digitale medium

  • Auka løyving til tilsyn med forbrukarvernet til barn i digitale medium

  • Tilsyn med marknadsføring overfor barn og unge, medrekna kommersielt press overfor russ

  • Innføre krav til prisopplysingar ved lading av elbilar, slik at forbrukarane enkelt kan samanlikne prisane til ulike ladeoperatørar

  • Følgje opp og gjennomføre regelverk frå EU som mellom anna kan medverke til at forbrukarane får betre informasjon om miljøaspekt ved produkt

1.4 Tru og livssyn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre.

Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Staten set naudsynte rammer for verksemda til kyrkja gjennom lov, men kyrkja har stor grad av fridom til å fastsetje eigne reglar i kyrkjeordninga. Den norske kyrkja blir finansiert gjennom tilskot frå både stat og kommune.

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal om lag svare til det Den norske kyrkja får i tilskot frå stat og kommune per medlem. Eit viktig mål for den offentlege støtta er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet av trus- og livssynssamfunn. Alle trus- og livssynssamfunn som fyller visse vilkår, kan krevje offentleg støtte.

Opplysningsvesenets fond har opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet og var meinte til underhald av presten. Dette omfattar prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Verdiane i fondet er delt mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Meld. St. 29 (2018–2019), jf. Innst. 209 S (2019–2020). Det inneber at staten skal bruke eit beløp tilsvarande verdien av eigedelane staten overtok 1. januar 2023, på å setje i stand kulturhistorisk verdifulle kyrkjer.

Ei verdivurdering av fondet i 2023 konkluderte med at verdiane svarer til 11 mrd. 2023-kroner. Til fråtrekk kjem ei utbetaling til Den norske kyrkja på 1,3 mrd. kroner i samband med overføring av eigedommar av særskilt kyrkjeleg verdi. Etter dette vart den samla politiske forpliktinga til istandsetjing av dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga på 10 mrd. kroner i 2024, jf. Prop. 104 S (2023–2024). Det blir lagt til grunn at denne forpliktinga om å føre tilbake verdien av staten sin del av Opplysningsvesenets fond til kyrkjebygg skal gjerast over ein periode på 20–30 år, med ei opptrapping dei fyrste åra til om lag 500 mill. kroner årleg.

Regjeringa har lagt fram ein bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og forskriftsfesta eit tilskotsregelverk som gir rammer for satsinga. Vidare er det skipa ein administrasjon i Trondheim for arbeidet med å gjennomføre bevaringsstrategien og forvalte tilskotsordninga. Dei statlege utgiftene til bevaringsstrategien vil bli delvis finansierte gjennom eit kyrkjebevaringsfond som består av inntekter til staten frå Opplysningsvesenets fond. I dei åra Kyrkjebevaringsfondet er for lite til å dekkje den årlege utbetalinga til bevaringsprogramma, blir det i tillegg løyvd midlar frå statsbudsjettet. Når den nemnde forpliktinga på 10 mrd. kroner er oppfylt, skal utbyttet frå verdiane i fondet framleis vere øyremerkt til bevaringsarbeid på dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjene som ei varig ordning.

Stortinget vedtok i juni 2024 ei lov som grunnlag for at Opplysningsvesenets fond blir omdanna til eit statleg eigd aksjeselskap. Omdanninga vart gjennomført 1. september 2024. Utbyttet frå verksemda skal òg etter at staten sine forpliktingar er oppfylte, gå til Kyrkjebevaringsfondet. Det vil bli lagt til grunn at sal av eigedelar skal skje på marknadsvilkår, men av omsyn til mellom anna jordvernet skal jord- og skogeigedommar berre seljast til aktørar som konsesjonslovgivinga tillèt sal til. Staten som eigar vil innanfor rammene av statlege mål og grunngivinga for selskapet og ut frå føringar i eigarskapsmeldinga (Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap) medverke til at viktige nasjonale interesser kan takast vare på, mellom anna eigarskap til småkraft, og tilgang til jakt og fiske (jf. Prop. 82 L (2023–2024)).

Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i 2023 og fyrste halvåret 2024 har vore desse:

  • Ei auka satsing på kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg er godt i gang. Dei siste fem åra har denne satsinga vore gjennomført med tilskot til i hovudsak istandsetjing og brannsikring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Til saman har det vore løyvd om lag 240 mill. kroner, av desse om lag 40 mill. kroner i 2023.

  • Bevaringsstrategien for historisk verdifulle kyrkjebygg vart lansert i februar 2024. Denne dannar grunnlag for å bruke inntil 500 mill. kroner årleg på kyrkjevedlikehald dei neste 20–30 åra, innanfor ei samla ramme på 10 mrd. kroner.

  • Det er skipa eit Kyrkjebevaringsfond og etablert eit programstyre og eit programsekretariat i Trondheim til å forvalte midlane i tråd med bevaringsstrategien, og vedteke tilskotsregelverk.

  • Det er vedteke at 158 prestebustader og 8 bispebustader skal førast over frå Opplysningsvesenets fond til Den norske kyrkja.

  • Der prestebustaden er del av ein større eigedom, til dømes ein landbrukseigedom, er det ein føresetnad at det blir gitt løyve til å dele bustaden frå eigedommen. Det blir no arbeidd med å søkje frådeling for dei aktuelle eigedommane.

  • Den norske kyrkja skal få 1,3 mrd. kroner som endeleg oppgjer i samband med dei eigedommane som skal førast over til kyrkja, til istandsetjing og framtidig vedlikehald. Inkludert i dette er midlar til kjøp av Oslo bispegård.

  • Prop. 82 L (2023–2024) Lov om omdanning av Opplysningsvesenets fond vart vedteken av Stortinget i juni 2024 og la grunnlaget for at fondet kunne bli eit statleg eigd aksjeselskap.

  • Prop. 116 L (2023–2024) Endringer i trossamfunnsloven (antallskrav og aktivitetsplikt) vart send til Stortinget i juni 2024.

Hovudprioriteringar i 2025

Arbeidet med bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg held fram og skjer i samarbeid med Den norske kyrkja, Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar. Løyvinga blir auka med 300 mill. kroner, samanlikna med Saldert budsjett 2024.

Regjeringa vil føre vidare eit stabilt rammetilskot til Den norske kyrkja, slik at ho kan halde fram med å vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Regjeringa vil òg føre ein politikk som bidreg til eit livssynsope samfunn, ved at tilskota til trus- og livssynssamfunna blir førte vidare og forvalta effektivt.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2025:

  • avslutte arbeidet med å dele eigedommane til Opplysningsvesenets fond mellom staten og Den norske kyrkja

  • bruke 300 mill. kroner til å setje i stand dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga, i samarbeid med Den norske kyrkja, Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar, basert på bevaringsstrategien for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga

  • følgje opp Kyrkjebevaringsfondet og administrasjonen for bevaringsarbeidet som er lagd til Trondheim

  • styrkje dialogarbeidet for eit livssynsope samfunn ved å etablere årlege kontaktkonferansar om tru, livssyn og verdiar, mellom styresmakter og dei ulike tru- og livssynssamfunna

  • følgje opp framlegget om endringar i trussamfunnslova som er sendt til Stortinget. Framlegget inneheld endringar når det gjeld representasjon av begge kjønn i dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trus- og livssynssamfunna, og til krav til tal på medlemmer for å få tilskot.

  • sende på høyring forslag til endringar i straffelova § 211 om lovpålagd teieplikt for prestar og liknande, med ei mogeleg tilføying i trussamfunnslova

  • bruke 5 mill. kroner til å utvikle og rulle ut Digital gravferdsmelding som ein del av livshendinga dødsfall og arv

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Administrasjon og forsking

800

Barne- og familiedepartementet

216 350

231 121

237 646

2,8

Sum kategori 11.00

216 350

231 121

237 646

2,8

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

315 432

338 976

360 543

6,4

841

Samliv og konfliktløysing

678 287

26 215

30 071

14,7

842

Familievern

675 607

697 965

724 072

3,7

843

Adopsjonsstønad

2 979

7 900

6 228

-21,2

844

Kontantstøtte

1 103 757

913 710

719 100

-21,3

845

Barnetrygd

21 364 182

25 731 000

26 900 000

4,5

846

Familie- og oppveksttiltak

1 066 537

1 162 169

1 126 342

-3,1

847

EUs ungdomsprogram

20 205

16 968

17 450

2,8

848

Barneombodet

24 104

24 344

25 040

2,9

Sum kategori 11.10

25 251 090

28 919 247

29 908 846

3,4

Barnevernet

853

Barneverns- og helsenemndene

270 706

256 524

264 464

3,1

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

393 395

406 244

546 751

34,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 938 459

8 123 917

9 067 988

11,6

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

363 369

468 235

567 564

21,2

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

675 857

673 234

696 691

3,5

Sum kategori 11.20

9 641 786

9 928 154

11 143 458

12,2

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

118 803

124 539

128 976

3,6

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

15 916

16 580

17 210

3,8

865

Forbrukarpolitiske tiltak

15 557

21 057

21 858

3,8

868

Forbrukartilsynet

135 120

134 849

141 212

4,7

Sum kategori 11.30

285 396

297 025

309 256

4,1

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

880

Den norske kyrkja

2 559 797

2 687 578

2 788 264

3,7

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

1 039 188

1 130 772

1 257 687

11,2

882

Kyrkjebygg og gravplassar

131 281

125 824

123 471

-1,9

883

Kyrkjebevaringsfondet

20 636

321 267

1456,8

Sum kategori 11.50

3 730 266

3 964 810

4 490 689

13,3

Sum programområde 11

39 124 888

43 340 357

46 089 895

6,3

Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

2530

Foreldrepengar

24 712 537

25 601 000

28 808 000

12,5

2531

Bidragsforskott

690 000

710 000

2,9

Sum kategori 28.50

24 712 537

26 291 000

29 518 000

12,3

Sum programområde 28

24 712 537

26 291 000

29 518 000

12,3

Sum utgifter

63 837 425

69 631 357

75 607 895

8,6

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Familie og oppvekst

3841

Samliv og konfliktløysing

205 951

26 498

26 259

-0,9

3842

Familievern

1 138

865

898

3,8

3847

EUs ungdomsprogram

7 201

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.10

214 290

33 327

33 121

-0,6

Barnevernet

3853

Barneverns- og helsenemndene

392

850

100,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

2 458 011

2 648 996

2 697 943

1,8

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

292 918

455 569

280 083

-38,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

9 166

568

590

3,9

Sum kategori 11.20

2 760 487

3 105 133

2 979 466

-4,0

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukartilsynet

3 733

2 745

5 849

113,1

Sum kategori 11.30

3 733

2 745

5 849

113,1

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

3883

Kyrkjebevaringsfondet

100 000

100,0

Sum kategori 11.50

100 000

100,0

Sum programområde 11

2 978 510

3 141 205

3 118 436

-0,7

Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

5706

Bidragsforskott

195 000

182 000

-6,7

Sum kategori 28.50

195 000

182 000

-6,7

Sum programområde 28

195 000

182 000

-6,7

Sum inntekter

2 978 510

3 336 205

3 300 436

-1,1

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

10 248 231

10 569 509

11 703 565

10,7

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

4 680

2 164

30 261

1298,4

50–89

Overføringar til andre

53 584 514

59 059 684

63 874 069

8,2

Sum under departementet

63 837 425

69 631 357

75 607 895

8,6

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2025 kan

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 842, post 01

kap. 3842, post 01

kap. 847, post 01

kap. 3847, post 01

kap. 853, post 01

kap. 3853, post 01

kap. 855, post 01

kap. 3855, postane 01, 02 og 60

kap. 856, post 01

kap. 3856, postane 01 og 60

kap. 858, post 01

kap. 3858, post 01

kap. 868, post 01

kap. 3868, post 02

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter blir tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Barne- og familiedepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtaka frå stortingssesjonen (2023–2024) og vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var utkvitterte.

I tabellen nedanfor står det om departementet reknar rapporteringa om oppmodingsvedtaket som avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2023–2024

769

lov om omdanning av Opplysningsvesenets fond til aksjeselskap

Ja

2023–2024

611

verne barn mot vald og seksuelle overgrep i sakar om samvær og omsorg

Nei

2023–2024

615

reisekostnader til krisesenter

Nei

2023–2024

80

Finansportalen – pris og avgjerd om lån

Ja

2023–2024

81

Finansportalen – geografiske område og områdescore

Ja

2023–2024

142

godkjend religiøs tilleggsutdanning

Nei

2022–2023

138

meldeplikt til barnevernstenesta

Nei

2022–2023

562

nasjonalt høve til å klage for barn

Ja

2022–2023

563

delkostnadsnøkkel for barnevern

Ja

2022–2023

782

krisesentertilbodet til utsette grupper

Nei

2022–2023

783

rettleiingar om krisesentertilbod

Nei

2022–2023

936

oppgradere krisesenterbygg

Ja

2021–2022

404

offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Nei

2021–2022

592

krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Nei

2021–2022

620

utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Nei

2020–2021

48

forbod mot søskenbarnekteskap

Ja

2020–2021

445

involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Ja

2020–2021

714

strengare reaksjonar mot samværshindring

Ja

2020–2021

715

justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Nei

2020–2021

954

hindre fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Ja

2020–2021

972

eigendel for mat i krisesentera

Nei

2020–2021

1124

tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Nei

2020–2021

1195

krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Nei

2020–2021

1197

ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Nei

2020–2021

1198

alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Nei

2020–2021

1201

oppfølging av tilrådingane frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Nei

2019–2020

498

forbod mot etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Ja

2019–2020

500

oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Ja

2019–2020

501

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Ja

2019–2020

502

utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Ja

2019–2020

637

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Nei

2016–2017

491

evaluering av felles foreldreansvar

Nei

Stortingssesjon (2023–2024)

Lov om omdanning av Opplysningsvesenets fond til aksjeselskap

Vedtak 769, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen sørge for at aksjeselskapets mål, vedtekter eller strategi bidrar til allmennhetens reelle tilgang til jakt og fiske på selskapets eiendommer.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein lovproposisjon for å danne om Opplysningsvesenets fond til aksjeselskap, jf. Prop. 82 L (2023–2024) ogInnst. 359 L (2023–2024). Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa i lovproposisjonen og bad regjeringa sørgje for at måla, vedtektene eller strategien til aksjeselskapet medverkar til at allmenta har reell tilgang til jakt og fiske på eigedommane til selskapet. Det statlege aksjeselskapet vart oppretta 1. september 2024 med namnet Allstad AS. I vedtektene til selskapet blir det mellom anna lagt til grunn at målet til selskapet er å forvalte og vidareutvikle verdiar i selskapsporteføljen av eigedommar, bygg, energiinvesteringar og finanskapital på ein forretningsmessig måte.

Innanfor desse rammene skal utmarksområda til selskapet gjerast tilgjengelege for allmenta. Selskapet skal vektleggje ei aktiv naturforvalting, ta omsyn til friluftsinteresser og tilby jakt- og fiskerettar til allmenta.

Innanfor rammene av føremålet selskapet har, skal det ved overdraging av landbruksbrukseigedommar vurderast om salet bidreg til lokalt eigarskap og til at verdifulle jordressursar for matproduksjon ikkje blir bygde ned. Selskapet skal alltid vurdere om det er tenleg med arronderingssal av skog- og jordeigedommar til lokale bønder eller eigarar som bidreg til å vareta offentlege interesser. Denne typen sal skal også skje på marknadsvilkår.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg

Vedtak 611, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere grep som kan styrke barnets rett til beskyttelse mot vold og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg, og melde tilbake til Stortinget i forbindelse med de varslede endringene i barneloven.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024).

Departementet er i gang med å vurdere om det trengst endringar for å følgje opp vedtaket. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Reisekostnader til krisesenter

Vedtak 615, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2024 utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024).

Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i krisesenterlova og bede høyringsinstansane gi innspel til ei eventuell refusjonsordning for utgifter til reise til og frå krisesentera. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Finansportalen – pris og avgjerd om lån

Vedtak 80, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2024 stille krav til at bankene må rapportere gjennomsnittlige renter på boliglån og offentliggjøre data som danner grunnlag for beslutninger om pris og tildeling av lån på finansportalen.no.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Nasjonalbudsjettet 2024 og Statsbudsjettet 2024, jf. Meld. St. 1 (2023–2024) og Innst. 2 S (2023–2024).

Prisinformasjonen på Finansportalen viser bustadlånsrentene bankane marknadsfører for nye kundar på nettsidene sine. Forbrukaren kan nytte denne informasjonen til å forhandle om betre rente med banken.

Plikta bankane har til å rapportere til Finansportalen, har samanheng med dei alminnelege informasjonspliktene og reglane om vilkår og marknadsføring som går fram av finansavtalelova § 3-3 «Opplysninger i alminnelige vilkår og i markedsføring» og av finansavtaleforskrifta § 3-4 «Opplysningsplikt ved markedsføring av kredittavtaler». Forbrukartilsynet fører tilsyn med dette regelverket.

Finansportalen krev at prisane og vilkåra føretaka rapporterer til portalen, er like prisane og vilkåra dei marknadsfører på nettstadene sine. At det skal vere samsvar mellom dei generelle reglane om opplysingsplikter og marknadsføring og krava til rapportering til Finansportalen, gjer det mogleg for Finansportalen å kontrollere at informasjonen er rett, på ein enkel måte. Finansportalen kan til dømes samanlikne ei innrapportert bustadrente med prislista og marknadsføringa til banken for å få stadfesta at opplysingane er like.

I 2015 gav Forbrukartilsynet ut ei rettleiing om kva opplysingar som bør inngå når bankane marknadsfører nominell rentesats, og som dermed òg skal rapporterast til Finansportalen. Rettleiinga gjeld marknadsføring av rentesats i eit «representativt eksempel»:

Den nominelle renten som belastes kreditten, skal tas med i beregningen av effektiv rente. Dersom nominell rente varierer ut fra individuelle forhold, som kredittscore e.l., bør man benytte den renten som er vanligst (typetallet) for det lånebeløp som det representative eksemplet angir, så fremt dette ikke avviker mer enn 10 % fra den matematisk gjennomsnittlige nominelle rente ved det aktuelle lånebeløp. Ved større avvik enn 10 % bør matematisk gjennomsnittlig nominell rente benyttes.

Rettleiinga frå Forbrukartilsynet viser at marknadsføringa til bankane av nominell rente bør ta utgangspunkt i den renta som er vanlegast (typetal).

Departementet finn at ei ny og einskild plikt om å rapportere gjennomsnittlege prisar til Finansportalen ikkje vil gjere Finansportalen til eit betre verktøy for forbrukarar enn i dag. Risikoen for at portalen kan gi misvisande informasjon, vil auke fordi portalen ikkje vil kunne kontrollere den innrapporterte gjennomsnittlege renta mot marknadsføringa til bankane slik han gjer i dag. For at nye prisopplysingar, slik som gjennomsnittlege renter, som blir samanstilte og publiserte på Finansportalen, ikkje skal hindre effektiv konkurranse mellom bankane, vil dei måtte ta utgangspunkt i prisar som ligg tilbake i tid. I berekninga av ei gjennomsnittleg rente vil ein òg måtte gjere eit nærare bestemt utval av prisar og lånetypar som den gjennomsnittlege prisen blir berekna av. Dersom til dømes styringsrenta har endra seg i perioden eller banken har gitt få bustadlån, vil ikkje ei gjennomsnittleg rente lenger gi framtidige kundar eit relevant bilete av prisnivået til banken. Dette vil kunne verke meir misvisande enn oppklarande for nye kundar. Det er òg ei bekymring at fleire prisopplysingar i portalen i seg sjølv vil kunne verke misvisande og samla sett svekkje nytteverdien av portalen for forbrukarane. Departementet vil vidare påpeike at dei prisane som Finansportalen viser i dag, gir forbrukarar ein god indikasjon på den gjennomsnittlege nominelle renta til bankane for bustadlån så lenge bankane følgjer rettleiinga frå Forbrukartilsynet til finansavtalelova når dei marknadsfører prisane sine på bustadlån.

Departementet har derfor bede Forbrukartilsynet om å oppdatere rettleiinga til finansavtalelova slik at det tydelegare kjem fram kva renter og vilkår bankane viser i marknadsføringa av kreditt og dermed på Finansportalen. Departementet meiner dette vil gjere det tydelegare at renta for bustadlån som står inne på Finansportalen, er den vanlegaste renta for nye kundar og ligg tett opp til ei gjennomsnittleg rente.

Når det gjeld pliktene bankane har til å offentleggjere data som dannar grunnlag for avgjerder om pris og tildeling av lån på Finansportalen.no, viser departementet til omtalen av oppmodingsvedtak 81 om geografiske område og områdescore.

Departementet reknar intensjonen i vedtaket som følgt opp.

Finansportalen – geografiske område og områdescore

Vedtak 81, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2024 innføre krav om at bankene offentliggjør hvilke geografiske områder de tilbyr lån i via finansportalen.no, samt vurdere om områdescorene bankene bruker internt i sine kredittvurderinger også kan offentliggjøres.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet for 2024, jf. Meld. St. 1 (2023–2024) og Innst. 2 S (2023–2024).

Bankane i Noreg set i liten grad klare grenser for kva område dei tildeler lån i, sidan kvar lånekunde blir vurdert individuelt. Bankane opplyser til dømes om at ein del kundar held fram med å ha banktenester i den opphavlege lokalbanken sin også etter at dei har flytta ut av det primære marknadsområdet til banken.

Fleire bankar nyttar «områdescore» som ein del av den individuelle vurderinga før dei innvilgar bustadlån. «Områdescore» er eit produkt eller ein analyse av bustadmarknaden som bankane nyttar for å få eit betre bilete av den lokale kredittrisikoen. Systemet er utvikla av selskapet Eiendomsverdi AS. Det er DNB, Nordea, Sparebank1-alliansen og Eika Boligkreditt som eig selskapet. Basert på salspris og omsetjing i eit nærare angitt område vil ein bustad bli tildelt ein verdi på ein skala frå 0 til 20 som representerer «områdescoren». Områdescore blir vektlagd ulikt av dei ulike bankane når dei tildeler lån. Nokre bankar bruker områdescore som ei absolutt grense for om dei vil innvilge bustadlån til kjøp av bustad i eit bestemt område. Andre bankar nyttar områdescore som ein av fleire faktorar i vurderinga si av den totale risikoen ved ein lånesøknad.

Departementet har sett nærare på om ein bør offentleggjere «områdescore» på Finansportalen, og har komme til at dette ikkje vil gi vesentleg nytteverdi for forbrukarane som ønskjer å finne fram til bustadlån på Finansportalen eller forhandle om rente på bustadlånet sitt. Ei særleg innvending er at «områdescoren» er lik for alle bankane. Områdescore er òg berre eitt av mange individuelle kriterium bankane nyttar når dei vurderer å innvilge bustadlån. På bakgrunn av manglande nytteverdi har departementet ikkje gått vidare med å greie ut moglege prinsipielle og juridiske utfordringar ved å krevje at bankane offentleggjer «områdescore».

Ei meir presis rapportering om kva geografiske område bankane tilbyr lån i, må vere basert på ei vurdering bankane sjølve gjer. Det vil vere i både bankane og forbrukarane si interesse at denne informasjonen er korrekt og oppdatert. Forbrukarane vil lettare kunne finne fram til relevante lånetilbod, og bankane får tydelegare fram kva marknadsområde dei opererer i. Departementet har gitt Forbrukarrådet i oppdrag å utvikle Finansportalen slik at forbrukarane kan få informasjon om kva kommunar som den einskilde banken reknar som sitt primære marknadsområde. Målet er å gjere det enklare for forbrukarane å finne fram til aktuelle tilbod om bustadlån på Finansportalen.

Departementet reknar intensjonen i vedtaket som følgt opp.

Godkjend religiøs tilleggsutdanning

Vedtak 142, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om insentiver for å sikre at flere religiøse ledere eller andre nøkkelpersoner i trossamfunn gjennomfører godkjent religiøs tilleggsutdanning i Norge.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om betre førebygging av og meir kunnskap om valdeleg ekstremisme og radikalisering, jf. Dok. 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Det finst fleire kurs- og utdanningstilbod til religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn. Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo (TF) tilbyr ein master i «lederskap, etikk og samtalepraksis». I tillegg tilbyr universitetet kurset «Å være religiøs leder i Norge», som departementet gir tilskot til. Kurset er eit etter- og vidareutdanningstilbod og kan takast med og utan studiepoeng. Målgruppa er religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn. Nærare 200 religiøse leiarar har til no teke kurset. TF har på oppdrag frå BFD fått utført ei evaluering av kurset, som også har noko å seie om rekruttering.

På bakgrunn av oppmodingsvedtaket vil departementet lyse ut eit forskings- og utgreiingsoppdrag om religiøse leiarar og utdanning for å kunne undersøkje moglege tiltak. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Stortingssesjon (2022–2023)

Meldeplikta barnevernet har til politiet om barn på skjult og sperra adresse

Vedtak 138, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at regelverket om barnevernets meldeplikt til politiet om barn på skjult og sperret adresse klargjøres, og at det sikres nødvendige rutiner for informasjonsutveksling.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å betre førebyggje og få slutt på partnardrap, jf. Dok. 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023).

Departementet har hatt på høyring eit forslag om at meldeplikta barnevernet har til politiet om barn på skjult og sperra adresse, blir klargjord. Departementet vurderer innspel frå høyringa og tek sikte på å komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket i proposisjonen om kvalitetsreforma våren 2025.

Nasjonalt høve til å klage for barn

Vedtak 562, 28. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen iverksette et arbeid for å sikre barns nasjonale klagemuligheter samt bedre informasjonen til barn og unge om retten til å klage i enkeltsaker og de klagerettigheter som finnes.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å sikre forsvarlege barnevernstenester, jf. Dok. 8:22 S (2022–2023) og Innst. 207 S (2022–2023).

Barne- og familiedepartementet har i samarbeid med aktuelle departement kartlagt høva barn har til å klage, på felta sine. Ei interdepartemental arbeidsgruppe for styrkt varetaking av barn sine rettar, leidd av Barne- og familiedepartementet, har òg vore involvert. For å betre informasjonen til barn og unge om retten til å klage i einskildsaker og dei klagerettane som finst, er det nyleg publisert informasjon om dette i den offentlege informasjonskanalen til ungdom (ung.no).

Det er sett i gang fleire sektorvise prosessar som skal medverke til å styrkje retten barn har til å klage. Mellom anna har Justis- og beredskapsdepartementet nyleg gått gjennom og revidert reglane i verjemålslova, der barn sin rett til å bli høyrde i avgjerder som gjeld dei, vart synleggjord. Endringane tok til å gjelde i april 2023. Barne- og familiedepartementet sende på høyring eit forslag til endringar i barnevernslova våren 2024, der ein mellom anna føreslår å styrkje barn sin rett til å medverke og klage.

Departementet reknar intensjonen i vedtaket som følgt opp.

Forbetringar i delkostnadsnøkkelen for barnevern

Vedtak 563, 28. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om forbedringer i delkostnadsnøkkelen for barnevern, basert på anbefalingene i NOU 2022:10, med mål om å gjøre den mer treffsikker.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å sikre forsvarlege barnevernstenester, jf. Dok. 8:22 S (2022–2023) og Innst. 207 S (2022–2023).

Utgreiinga frå utvalet som har sett på inntektssystemet for kommunane, vart levert til regjeringa i august 2022 og sendt på offentleg høyring. Utvalet har komme med forslag til mindre endringar i delkostnadsnøkkelen for barnevernet. Utvalet tilrår òg at delkostnadsnøkkelen for barnevernet blir analysert på nytt når verknadene av barnevernsreforma er komne inn i datagrunnlaget for delkostnadsnøkkelen.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i kommuneproposisjonen for 2025 komme med forslag til ny delkostnadsnøkkel for barnevern. Forslaget til ny delkostnadsnøkkel består av kriteria personar med låg inntekt, personar med låg utdanning, talet på uføre 18–49 år og talet på innbyggjarar 0–24 år. Forslaget til ny delkostnadsnøkkel har ei høgare forklaringskraft enn noverande nøkkel og vil gjere han meir treffsikker. Sjå fullstendig omtale i Prop. 102 S (2023–2024). Stortinget slutta seg til endringane i delkostnadsnøkkelsen for barnevern.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Tydeleggjere ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet til utsette grupper

Vedtak 782, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i krisesenterlova, der kommunens ansvar for krisesentertilbudet til utsatte grupper tydeliggjøres.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).

Krisesenterlova gir kommunane plikt til å sikre eit krisesentertilbod til alle som er i målgruppa for lova, også utsette grupper. Det kjem fram av førearbeida til krisesenterlova at kvar brukar skal få ei individuell vurdering av behova sine. Dei som av ulike årsaker ikkje kan opphalde seg på krisesenter, skal få eit anna tilbod. Departementet har sendt på høyring forslag om å lovfeste i krisesenterlova at kommunen skal sørgje for likeverdige butilbod for brukarar som av ulike grunnar ikkje kan nytte det noverande butilbodet. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krisesentertilbodet til utsette grupper – oppdatere rettleiingar

Vedtak 783, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen til krisesenterlova slik at den tydeligere omhandler krisesentertilbudet til utsatte grupper. Dette arbeidet forutsettes igangsatt straks endringer i krisesenterlova er vedtatt.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).

Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i krisesenterlova. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Når endringane i lova er vedtekne, vil det vere behov for å oppdatere eksisterande rettleiingar for å støtte dei som skal ta i bruk lova. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Oppgradering av krisesenterbygg

Vedtak 936, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen senest i statsbudsjettet for 2025 foreslå en ordning som støtter utbygging og bygningsmessig oppgradering av krisesentre etter modell av Husbankens ordning med investeringstilskudd til omsorgsboliger og sykehjemsplasser.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Regjeringa føreslår 10 mill. kroner til å etablere ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Målet med tilskotsordninga er å oppgradere krisesenterbygg, særleg med omsyn til tryggleik, universell utforming og betre tilrettelegging for grupper som har behov for skjerming. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet skal forvalte tilskotsordninga. Staten støttar kommunane med om lag 50 pst. av kostnadene. Ei opptrapping av tilskotsutbetalingane må vurderast i dei årlege budsjettprosessane.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon (2021–2022)

Offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Vedtak 404, 3. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede at det offentlige skal ha en plikt til å tilby tverrfaglig helsekartlegging når kommunen ber om dette, og raskt komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging), jf. Innst. 166 L (2021–2022).

Bufdir og Helsedirektoratet har gjennomført eit prosjekt med utprøving av tverrfagleg helsekartlegging. Utprøvingsprosjektet vart ferdig i september 2022. Direktorata fekk i 2023 likelydande oppdrag om i samarbeid å greie ut ei lovfesta statleg plikt til å tilby tverrfagleg, spesialisert helsekartlegging når kommunane ber om det. Direktorata leverte utgreiinga si i desember 2023. Departementet vurderer oppmodingsvedtaket i samanheng med forslaget frå Barnevernsinstitusjonsutvalet (NOU 2023: 24) om å overføre ansvaret for tverrfagleg helsekartlegging til helsesektoren. I strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud frå regjeringa går det fram at regjeringa arbeider for å betre innrette tverrfagleg helsekartlegging, og at dei planlegg for å overføre ansvar og ressursar frå Bufetat til helsesektoren. Dei økonomiske, administrative, juridiske og personellmessige konsekvensane av overføring skal greiast ut, og om føremålet skal endrast frå sakkunnig oppdrag til helsehjelp. Departementet greier ut konsekvensane av overføringa i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet. Departementet legg opp til ein omtale av saka i proposisjonen om kvalitetsreforma våren 2025.

Krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Vedtak 592, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen se til at krisesentertilbudet til den samiske urbefolkningen bedres, og orientere Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt, likeverdig, heilårsope og døgnbemanna krisesentertilbod over heile landet, jf. Dok. 8:135 S (2021–2022) og Innst. 339 S (2021–2022).

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sidan nedlegginga av krisesentertilbodet i Karasjok vore i tett dialog med Karasjok kommune for å få oppretta tilbodet på ny. Kommunen har fått prosjektmidlar i 2019, 2021 og 2023, til saman om lag 2,1 mill. kroner, frå direktoratet for å greie ut og etablere ei løysing for eit varig krise- og incestsentertilbod tilpassa den samiske befolkninga.

Karasjok kommune og Alta kommune legg opp til eit samarbeid der vaksne og barn frå Karasjok kan nytte seg av krisesentertilbodet i Alta, samstundes som det blir etablert eit dagtilbod med samiskspråklege stillingsressursar i Karasjok. Tilskotet som Bufdir gav i 2023, bidreg til å etablere ei slik løysing. Bufdir har i tillegg tildelt 700 000 kroner til å implementere samisk krisesentertilbod på Alta krisesenter i 2024.

Departementet har sendt på høyring forslag om ei ny føresegn i krisesenterlova om dei særskilde rettane til den samiske befolkninga, med mål om å gi eit betre krisesentertilbod til samiske kvinner, menn og barn. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Vedtak 620, 31. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen må samtidig gjøre grundige utredninger som sikrer personvernet, og vurdere om enkelte typer gjeld av den grunn ikke skal innlemmes.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblem gjennom å styrkje og utvide gjeldsregisteret, jf. Dok. 8:203 S (2021–2022), jf. Innst. 361 S (2021–2022).

BFD hadde i 2022 på høyring eit forslag om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon med ulike typar pantesikra gjeld. Vurderinga til BFD etter dette var at personvernomsyn gjer at ordninga ikkje kan utvidast til å omfatte pantesikra gjeld utan at føremålet til gjeldsinformasjonslova blir endra. Lite tyder på at det er på grunn av at bustad- og bilgjeld ikkje er omfatta av informasjonsordninga, at kredittvurderingar sviktar og einskilde får gjeldsproblem. Ei utviding av ordninga må derfor grunngivast med noko anna enn å skulle motverke gjeldsproblem.

BFD er i gang med å vurdere om føremålet med gjeldsinformasjonslova skal endrast, slik at ordninga for gjeldsinformasjon kan omfatte fleire typar gjeld.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Stortingssesjon (2020–2021)

Forbod mot søskenbarnekteskap

Vedtak 48, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem et lovforslag om å forby søskenbarnekteskap.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 66 L (2019–2020) Endringer i straffeloven mv. (avvergingsplikt, utenomrettslig tvangsekteskap, diskrimineringsvern, skyting mot politiet mv.), jf. Innst. 41 L (2020–2021).

Departementet la fram Prop. 99 L (2023–2024) Endringer i ekteskapsloven (forbud mot ekteskap mellom nære slektninger) for Stortinget 3. mai 2024. Stortinget vedtok lovendringane 17. juni 2024, og lova vart sanksjonert av Kongen i statsråd 25. juni. Det må på plass ei forskrift og einskilde systemendringar før lova kan ta til å gjelde.

Forbodet vil gjelde ekteskap mellom søskenbarn og mellom onkel eller tante og niese eller nevø. For å hindre omgåing vil ikkje ekteskap mellom nære slektningar inngått etter utanlandsk rett bli anerkjende i Noreg viss ein av partane var busett i Noreg eller var norsk statsborgar då ekteskapet vart inngått. Det er unntak frå forbodet for EØS-tilfelle. Det vil vere høve for unntak frå forbodet ved sterke grunnar, til dømes der paret ikkje kan få barn.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Vedtak 445, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan foreldre i større grad kan involveres og ansvarliggjøres for gjentatte lovbrudd som er begått av deres barn som er under den kriminelle lavalder, og fremme forslag om dette.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak mot ungdoms- og gjengkriminalitet, jf. Dok. 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021).

Barnevernet er ein viktig bidragsytar saman med andre tenester, som mellom anna familievernet, for å involvere og hjelpe foreldre til barn som gjentekne gonger bryt lova, mellom anna ved foreldrerettleiing. Bufdir vart bede om å greie ut korleis vedtaket kan følgjast best mogleg opp. Rapporten vart levert i desember 2022. Bufdir føreslår å følgje opp vedtaket gjennom arbeid med relasjonar, involvering av foreldre og bistand overfor foreldre til barn som står i fare for å gjere eller gjer seg skuldig i kriminelle handlingar.

Denne kvalitetsstøtta retta mot barnevernstenesta blir tilgjengeleg for sakshandsamarar når fleire kommunar i løpet av 2024 tek i bruk nytt fagsystem med Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK).

I tillegg er Bufetats tilbod om Multisystemisk terapi (MST) og Relasjonsfokusert familieterapi (RFT) i stor grad eit tilbod til ungdomsforeldre som har opplevd at ungdommen deira gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, eller står i fare for å bli innblanda i kriminalitet. Gjennom desse metodane arbeider ein både med å forstå motiva til ungdommen for uheldig åtferd, korleis systema rundt dei unge medverkar til åtferda – og korleis dynamikken i systema kan snuast. Foreldra får gjennom behandlinga verktøy for å halde betre oppsyn med ungdommen, setje meir tenlege grenser og samstundes skape betre samspel. Andre viktige arenaer som skule, venner og fritidsaktivitetar kan òg inngå i den heilskaplege strategien til behandlinga for å skape betre livsutvikling for dei unge. Regjeringa vil vidare leggje fram ei kvalitetsreform for barnevernet, som vil omtale tiltak for betre samhandling og tilpassingar i tilbodet av spesialiserte hjelpetiltak.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Strengare reaksjonar mot samværshindring

Vedtak 714, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede strengere reaksjoner som kan motvirke samværshindring.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Departementet har i denne samanheng sett nærare på fleire spørsmål knytte til samværshindring og på korleis økonomi speler inn i saker om samvær og samværshindring. Departementet arbeider vidare med dette i samband med oppfølginga av NOU 2020: 14 Ny barnelov og har òg nyleg hatt på høyring forslag til reglar i barnelova som skal førebyggje og handsame saker om samværshindring. Problemstillinga om reaksjonar mot samværshindring er greidd ut i høyringsnotatet, og det er føreslått nye tiltak for å motverke og løyse saker om samværshindring. I samværshindringssaker er det viktig å få ei rask avgjerd slik at kontakten med begge foreldra raskt blir teken opp att der dette er til det beste for barnet. Derfor er det i høyringsnotatet føreslått å innføre ei plikt for domstolen til å ta ei førebels avgjerd i saker som gjeld samværshindring, viss ein part ber om det. Førebygging er likevel det viktigaste tiltaket for å hindre samværshindring. Det er føreslått fleire forslag med føremål om å førebyggje foreldrekonfliktar og å leggje til rette for meir likestilt foreldreskap etter samlivsbrot. Tvang overfor barn og andre sanksjonar mot foreldre er vurderte å ha ei rekkje negative konsekvensar.

Departementet vil leggje fram ein lovproposisjon om ny barnelov våren 2025.

Departementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Vedtak 715, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Departementet ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med tiltaka under vedtak nr. 714 av 9. mars 2021. Departementet greier ut spørsmålet vidare og vil orientere Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Hindre fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Vedtak 954, 20. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som gir kommunene bedre virkemidler til å hindre fritidsaktiviteter for barn og unge som kan bidra til radikalisering eller være i strid med barns rettigheter eller likestillings- og diskrimineringsloven, herunder:
  • en forpliktende samfunnskontrakt for integrering i samarbeid med tros- og livssynssamfunnenes organisasjoner

  • mulighet til å kartlegge og føre tilsyn med fritidsaktiviteter for barn og unge som omfatter religiøs undervisning.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å gi kommunen ein klar lovheimel til å hindre organisasjonar og trussamfunn i å drive klart integreringshemjande aktivitet, jf. Dok. 8:135 S (2020–2021) og Innst. 406 S (2020–2021).

Departementet har sett vedtak 954 i samanheng med oppfølginga av vedtak 498 av 14. april 2020. Begge vedtaka omhandlar aktivitetar for barn og unge i frivillig regi og ei bekymring for radikalisering i religiøse miljø.

Det stillast etter gjeldande lovgjeving krav til trussamfunna når det gjeld tilbod til barn og unge, som ikkje stillast til andre organisasjonar. Alle registrerte trus- og livssynssamfunn skal rapportere om verksemda og aktivitetar, inkludert tilbod til born og unge. Statsforvaltar kan også krevje rapportering om særlege forhold, til dømes barns rettar.

Vidare stiller trussamfunnslova opp klare krav og forventningar til trus- og livssynssamfunna. Samfunna kan etter trussamfunnslova nektast tilskot om dei «utøver vold eller tvang, fremsetter trusler, krenker barns rettigheter, bryter lovbestemte diskrimineringsforbud eller på andre måter alvorlig krenker andres rettigheter og friheter». Hatefulle ytringar eller oppmoding til vald i nære relasjonar, vald mot barn, kjønnslemlesting kan råkast av desse føresegnene. Det same kan oppfordring til terror eller finansiering av terror. Samfunn som tar imot bidrag frå statar som ikkje respekterer trusfridomen kan også nektast tilskot.

Departementet har våren 2024 lagt fram forslag om endringar i trussamfunnlova, jf. Prop. 116 L (2023–2024), som inneber at samfunna må bekrefte at dei vil arbeide for 40 prosent representasjon av kvart kjønn i styrande organ. I proposisjonen er det også lagt fram ei rekkje tiltak for å leggje til rette for betre dialog mellom samfunna og styresmaktene, men også informasjons- og opplæringstiltak om aktuelle tema, der negativ sosial kontroll, barns rettar og vald i nære relasjonar og ekstremisme inngår. Departementet meiner at trussamfunnslova med dei endringane og tiltaka som er lagt fram i Prop. 116 L (2023–2024) ivaretar det same som ei samfunnskontrakt.

Ut over krava etter trussamfunnslova, meiner departementet at det ikkje skal innførast ytterlegare krav eller tilsyn med fritidsaktivitetar for born og unge som omfattar religiøs undervising. Departementet viser også til at ekstremismekommisjonen trekk fram trussamfunnas innsats mot ekstremisme i sin rapport, både internt i samfunna, på tvers av religionar og arbeidet med trus- og livssynsdialog. Ekstremismekommisjonen føreslår ikkje tiltak særskilt retta mot trussamfunn, men etterlys gjennomføring av eit tidlegare tiltak om opplæring om ekstremisme, som departementet vil følgje opp. Kommisjonen er i sine tilrådingar oppteken av at trus- og livssynssamfunna må involverast i større grad i det førebyggjande arbeidet, mellom anna knytt til kommunane si rolle i det førebyggjande arbeidet. Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om ekstremisme der det vil bli vurdert korleis trus- og livssynsamfunna skal involverast i arbeidet med ekstremisme.

Departementet reknar intensjonen i vedtaket som følgt opp.

Eigendel for mat i krisesentera

Vedtak 972, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gå gjennom lov om kommunale krisesentertilbud og legge opp til at det ikke tas egenandel for mat fra den enkelte.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt og gratis krisesentertilbod for valdsutsette, jf. Dok. 8:134 S (2020–2021) og Innst. 427 S (2020–2021).

Krisesenterlova fastset at krisesentertilbodet skal vere gratis. I førearbeida til lova går det fram at det ikkje skal krevjast betaling for opphaldet, med unntak av eventuelle utgifter til mat til kostpris. Det er ulik praksis for korleis krisesentera organiserer mat og måltid. Dei fleste sentera legg opp til at bebuarane kjøper og lagar mat sjølve. Nokre få krisesenter dekkjer maten, slik at bebuarane ikkje har nokon matutgifter under opphaldet, eller dei opererer med ein eigendel for matutgifter. Departementet har sendt på høyring forslag om ei ny føresegn i krisesenterlova om at det ikkje kan krevjast eigendel for nokon del av tenesta. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Vedtak 1124, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021).

Krisesenterstatistikken til Bufdir viser at fem krisesenter for kvinner og sju senter for menn ikkje gir tilbod om opphald til utsette med ein kjend rusproblematikk. I tillegg er det personar i aktiv rus som ikkje oppsøkjer krisesentera. Departementet har sendt på høyring fleire forslag til endringar i krisesenterlova som kan medverke til at valdsutsette i aktiv rus får eit betre krisesentertilbod. Sjå omtale under vedtak 782 av 7. juni 2023 over og under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I tillegg føreslår departementet at det skal komme tydelegare fram av lova at krisesentertilbodet skal omfatte oppfølging i reetableringsfasen i samarbeid med andre delar av tenesteapparatet. Eit styrkt samarbeid mellom krisesenteret og andre tenester vil kunne bidra til at krisesentera i større grad kan dra nytte av fagkompetanse andre tenester rår over, på tvers av kommunane. På same måte vil det òg medverke til at andre tenester i større grad kan dra nytte av kompetanse i krisesentertilbodet for å vareta dei særskilde behova valdsutsette har. Vidare har departementet i høyringsnotatet bede om høyringsinstansane sitt syn på om det er behov for å gi meir detaljerte krav til kompetanse i ei forskrift. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Vedtak 1195, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om autorisasjon for de som skal jobbe med omsorgsovertakelser.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet innføringa av ei autorisasjonsordning i barnevernet. Med bakgrunn i ei utgreiing frå Bufdir fann departementet at å innføre kompetansekrav og endringar i masterutdanningane, med auka vekt på praksisnærleik og relevans og betre tilgang til rettleidd praksis under studia, vil vere meir treffsikre og eigna tiltak for å auke tilliten til barnevernet og sørgje for at dei tilsette har tilstrekkeleg og naudsynt kompetanse.

Vedtaket frå Stortinget peiker på ei autorisasjonsordning for dei som arbeider med omsorgsovertakingar, og er eit meir avgrensa forslag enn det som tidlegare er greidd ut. Departementet endra i desember 2021 mandatet til Barnevernsutvalet, med eit punkt om at utvalet skulle greie ut «ordninger for offentlig godkjenning av personell, herunder […] autorisasjon for de i barnevernet som skal jobbe med omsorgsovertakelse […]». Fleirtalet i utvalet har i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid ikkje føreslått ei autorisasjonsordning. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet vurderer innspel frå høyringa og tek sikte på å komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket i proposisjonen om kvalitetsreforma 2025.

Ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Vedtak 1197, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å innføre en ordning med annenhåndsvurdering av akutt-/hastevedtak.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Departementet viser til at Barnevernsutvalet har levert utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utvalet har ikkje føreslått å innføre ei ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Få høyringsinstansar uttalte seg om spørsmålet. Departementet har òg hatt på høyring nokre forslag til justeringar og presiseringar i reglar om den mellombelse legalitetskontrollen av akuttvedtak i barnevernslova. Departementet vurderer innspel frå høyringa og tek sikte på å komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket i proposisjonen om kvalitetsreforma våren 2025.

Alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Vedtak nr. 1198, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen arbeide videre med å finne et alternativt begrep til atferdsbegrepet i barnevernsloven.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet omgrepet «åtferd» og alternativ til det. Departementet føreslo ingen endringar fordi det var vanskeleg å finne eit nytt omgrep som er tilstrekkeleg presist til å heimle inngripande tiltak om tvang. I ny barnevernslov vart omgrepet «atferdsinstitusjon» erstatta med omgrepa «barnevernsinstitusjon» eller «institusjon», jf. Prop. 86 L (2021–2022) og Innst. 391 L (2021–2022). Bufdir har arbeidd vidare med å finne alternative omgrep og har gitt ei tilråding. Det vart òg levert ei menneskerettsleg utgreiing om rettar og tvang på barnevernsinstitusjonar i juni 2023, som føreslo endringar i omgrepet. Barnevernsinstitusjonsutvalet føreslo òg endringar. Departementet har på denne bakgrunn hatt på høyring forslag om endringar i åtferdsomgrepet i barnevernslova. Departementet vurderer innspel frå høyringa og tek sikte på å komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket i proposisjonen om kvalitetsreforma våren 2025.

Oppfølging av tilrådingar frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Vedtak 1201, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen følge opp rettsikkerhetsutvalgets anbefalinger på barnevernsområdet uten ubegrunnet opphold.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Utvalet som skulle vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet, leverte 20. mars 2023 utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Fleire av forslaga frå utvalet er innarbeidde i høyringsnotatet frå departementet om endringar i barnevernslova (kvalitetsreforma). Departementet vurderer innspel frå høyringa og tek sikte på å komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket i proposisjonen om kvalitetsreforma våren 2025.

Stortingssesjon (2019–2020)

Forbod mot faste etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Vedtak 498, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer med sikte på å forby faste etter-skole-tilbud med overnatting over lengre tid for å forhindre segregering, parallellsamfunn, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 130 L (2019–2020) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 S (2019–2020).

Departementet har sett oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak 954 av 20. mai 2021. Begge vedtaka omhandlar aktivitetar for barn og unge i frivillig regi og ei bekymring for radikalisering i religiøse miljø.

Tilbod til barn og unge etter skuletid er berre underlagt offentleg tilsyn når det er omfatta av kommunanes opplæringstilbod (SFO, leksehjelp og kulturskule). Barn og foreldre avgjer saman deltaking i fritidsaktiviteter. Foreldre har rett til å oppdra barna i samsvar med deira religion eller livssyn, samstundes som trusfridomen til barn og foreldre skal varetakast.

Alle registrerte trus- og livssynssamfunn skal rapportere om verksemda og aktivitetar, inkludert tilbod til born og unge. Statsforvaltar kan også krevje rapportering om særlege forhold, til dømes barns rettar. Det stillast etter gjeldande lovgjeving krav til trussamfunna når det gjeld tilbod til barn og unge, som ikkje stillast til andre organisasjonar.

Trussamfunnslova inneheld tydelege krav og forventningar til samfunna. Samfunna kan etter trussamfunnslova nektast tilskot om dei «utøver vold eller tvang, fremsetter trusler, krenker barns rettigheter, bryter lovbestemte diskrimineringsforbud eller på andre måter alvorlig krenker andres rettigheter og friheter». Hatefulle ytringar eller oppmoding til vald i nære relasjonar, vald mot barn, kjønnslemlesting kan råkast av desse føresegnene. Det same kan oppfordring til terror eller finansiering av terror. Samfunn som tar imot bidrag frå statar som ikkje respekterer trusfridomen kan også nektast tilskot.

Eit forbod i samsvar med oppmodingsvedtak 498 utfordrar fleire sentrale menneskerettar, mellom anna trusfridomen, retten til privatliv og retten foreldre har til å ta avgjersler om barna. Fleirtalet i komiteen koplar i Innst. 208 L (2019–2020) ønsket om eit forbod til saker i media om eit konkret muslimsk samfunn, men avgrensar mot tilsvarande tilbod i ikkje-muslimsk regi, til dømes «speiderbevegelser, konfirmasjonsleirer og folkehøgskoler». Eit forbod i samsvar med vedtaket vil difor kunne vere forskjellsbehandling på grunnlag av religion og i strid med diskrimineringsforbodet i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Ei meir generell utforming vil kunne råka tilbod som vedtaket seier at ikkje skal råkast. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har uttala at sjølv generelt utforma føresegner vil kunne vere eit brot på diskrimineringsforbodet i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, om føresegna uforhaldsmessig diskriminerer ei gruppe i samfunnet, jf. for eksempel Biao v. Denmark avsnitt 103. EMD har også uttala at det er tilstrekkeleg at ei føresegn har ei slik diskriminerande verknad for ei gruppe, jf. Hugh Jordan v. the United Kingdom, avsnitt 154. Det er ikkje krav om at dette har vore intensjonen med tiltaket eller lovgjevinga.

Departementet vil ikkje leggje fram eit lovforslag om «faste etter-skole-tilbud med overnatting» i tråd med vedtak 498. I trussamfunnsforskrifta § 15 tredje ledd, til oppfølging av vedtak 499, 14 april 2020, jf. Meld. St. 15 (2020–2021), er det tatt inn krav om at trus- og livssynssamfunna skal gjere greie for særskilde tilbod for barn og unge, mellom anna om undervising eller andre trusopplæringstilbod og andre aktivitetar. Samfunna skal kort gjere greie for omfanget av undervisingstilbod, innhaldet i undervisinga og kva form undervisinga har. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at trus- og livssynsamfunna innrettar seg i tråd med lova.

Vidare er det i proposisjonen om endringar i trussamfunnlova, jf. Prop. 116 L (2023–2024) lagt fram forslag som inneber at samfunna må bekrefte at dei vil arbeide for 40 prosent representasjon av kvart kjønn i styrande organ. I tillegg til endringar i lova, har departementet også lagt fram ei rekkje tiltak for å leggje til rette for betre dialog mellom samfunna og styresmaktene, men også informasjons- og opplæringstiltak om aktuelle tema, der negativ sosial kontroll, barns rettar, vald i nære relasjonar og ekstremisme inngår.

Regjeringa viser óg til oppmodingsvedtak nr 955 av 20. mai 2021 der Stortinget ba «regjeringen komme tilbake med forslag til tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte fra utlandet til religiøse organisasjoner, uavhengig av om organisasjonen mottar statsstøtte». Regjeringa har greidd ut spørsmålet og følger opp tilrådingane frå utgreiinga for å bidra til auka transparens og oversikt knytt til slik finansiering frå utlandet. Tiltak knytt til auka transparens og oversikt vil bidra til å gi myndigheitene kunnskap som kan medverke til å auke tryggleiken for at verksemd i Noreg ikkje undergrev demokratiet eller bidreg til radikalisering.

Departementet reknar intensjonen i vedtaket som følgt opp.

Oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Vedtak 500, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen i arbeidet med oppdelingen av Opplysningsvesenets fond ivareta følgende:
  • 1. Staten og kirken skal være likeverdige parter i prosessen som skal avklare hvilke bygninger kirken skal overta, og det legges til grunn at staten kommer til enighet med Den norske kirke om dette.

  • 2. Kirkens verdier skilles ut først, deretter bør staten gjøre egne vurderinger av forvaltning av de verdier som ligger igjen i fondet.

  • 3. Betingelsen for delingen av fondet er at staten øker sin innsats for bevaring av de kulturhistorisk viktige kirkebyggene i et omfang som svarer til de verdiene som staten blir eier av på et bestemt tidspunkt. Når eiendelene i Opplysningsvesenets fond er endelig fordelt mellom staten og kirken, må det gjøres beregning av den reelle verdien. Den reelle verdien skal komme de kulturhistorisk viktige kirkebyggene til gode ved istandsetting og sikring av kirkene. Statens økte innsats for bevaring av kirkene må over tid minst svare til denne verdien (inflasjonsjustert).

  • 4. Statens økte innsats overfor kirkebyggene skal ikke avløse kommunenes økonomiske ansvar for kirkebyggene eller komme til erstatning for andre tiltak eller ordninger som finnes på området.

  • 5. I samråd med kirkelige instanser, antikvariske myndigheter mfl. igangsettes arbeidet med bevaringsprogrammer for ulike kategorier av kulturhistorisk viktige kirkebygg, for eksempel ved å kategorisere kirkebyggene etter alder, verneverdi eller vedlikeholdstilstand.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova følgjer opp Innst. 209 S (2019–2020) og la det rettslege grunnlaget for å dele Opplysningsvesenets fond (Ovf) mellom Den norske kyrkja og staten, i samsvar med stortingsvedtaka.

Når det gjeld punkt 1 og 2, er det etter innspel frå partane no bestemt kva eigedommar som skal overførast til kyrkja. Omfanget og vilkåra for å skilje ut verdiane som skal overførast til Den norske kyrkja, er bestemte i samsvar med oppmodingsvedtaket, sjå side 79 i Prop. 104 S (2023–2024). Det blir no arbeidd med å gjennomføre overføringane av eigedommane mellom anna ved å dele frå prestebustadene frå jordeigedommane slik det er føresett i stortingsmeldinga. Størstedelen av eigedommane vil bli overført i løpet av 2024, saman med delar av midlane i oppgjeret frå Ovf, for mellom anna å setje eigedommane i stand.

Når det gjeld punkt 3, 4 og 5, la regjeringa i vår fram ein bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, og finansieringa av arbeidet vart lagd fram for Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett for 2024. Det er etablert ei eiga statleg tilskotsordning for arbeidet og tilhøyrande romartalsvedtak om forpliktinga, sjå omtale under kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet i Prop. 104 S (2023–2024). Den statlege bevaringsinnsatsen endrar ikkje det økonomiske ansvaret kommunane har for kyrkjebygga.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Vedtak 501, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med sak om fondseiendommene staten overtar etter at Opplysningsvesenets fond er oppdelt. Det bes om at regjeringen belyser spørsmål som angår det statlige fondets formål, dets samfunnsansvar, organisering, vilkår for salg av eiendommer, sikkerhetsspørsmål ved eventuelle salg til utenlandske aktører samt andre forhold som er av betydning for forvaltningen av det gjenværende fondet staten overtar.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova legg det rettslege grunnlaget for å dele Ovf mellom Den norske kyrkja og staten. Regjeringa la våren 2024 fram ein lovproposisjon for å danne om Opplysningsvesenets fond til aksjeselskap og deretter overføre utøvinga av eigarskapen til Nærings- og fiskeridepartementet, jf. Prop. 82 L (2023–2024). I proposisjonen vart det gjort greie for målet til-, organiseringa av- og vilkåra til selskapet for den delen av Ovf som staten vart eigar av jf. oppmodingsvedtaket.

Stortinget slutta seg til at Ovf blir skipa til aksjeselskap, jf. Innst. 359 L (2023–2024) og Lovvedtak 89 (2023–2024). Aksjeselskapet vart oppretta 1. september 2024 under namnet Allstad AS. I vedtektene til selskapet blir det mellom anna lagt til grunn at målet til selskapet er å forvalte og vidareutvikle verdiar i selskapsporteføljen av eigedommar, bygg, energiinvesteringar og finanskapital på ein forretningsmessig måte.

Innanfor desse rammene skal utmarksområda til selskapet gjerast tilgjengelege for allmenta. Selskapet skal vektleggje ei aktiv naturforvalting og ta omsyn til friluftsinteresser. Selskapet skal tilby jakt- og fiskerettar til allmenta.

Innanfor rammene av føremålet til selskapet skal det ved overdraging av landbruksbrukseigedommar vurderast om salet bidreg til lokalt eigarskap og til at verdifulle jordressursar for matproduksjon ikkje blir bygde ned. Selskapet skal alltid vurdere om det er tenleg med arronderingssal av skog- og jordeigedommar til lokale bønder eller eigarar som bidreg til å vareta offentlege interesser. Denne typen sal skal også skje på marknadsvilkår.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Vedtak 502, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbedring av verneverdige kirkebygg.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg vart lagd fram 21. februar 2024 og omtalt i Prop. 104 S (2023–2024). Sjå nærare omtale av hovudtrekka i det vidare arbeidet under programområde 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Vedtak 637, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»

Vedtaket vart gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren la fram for Stortinget 26. mai 2020.

Departementet har lagt fram forslag til ny barnevernslov i Prop. 133 L (2020–2021). Stortinget vedtok lova 9. juni 2021, og lova tok til å gjelde 1. januar 2023. Ny barnevernslov inneheld fleire endringar som styrkjer barn sine rettar, og lova er i tråd med FN-konvensjonen om barnerettane. Det grunnleggjande omsynet for barnevernet skal vere det beste for barnet, og dette er framheva i ei ny overordna føresegn i barnevernslova. Andre grunnleggjande rettar og prinsipp er òg tekne inn i lova, slik som retten barn har til omsorg og vern, og retten til familieliv. Departementet reknar den delen av vedtaket som gjeld ny barnevernslov, som følgt opp.

Barnelovutvalet leverte utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov 4. desember 2020. Departementet har nyleg hatt på høyring eit høyringsnotat om endringar i barnelova om likestilt foreldreskap og felles omsorg for barn etter samlivsbrot. Både i NOU-en og høyringsnotatet er menneskerettane greidde ut og tekne omsyn til. Regjeringa vil leggje fram ein lovproposisjon om ny barnelov i 2025. I dette arbeidet tek departementet omsyn til menneskerettane, irekna barnekonvensjonen. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av denne delen av vedtaket på eigna vis.

Stortingssesjon (2016–2017)

Evaluering av felles foreldreansvar

Vedtak 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020 og har no verka i tre år. Som ei følgje av ei endring i barnelova § 35 får alle foreldre no automatisk felles foreldreansvar for barn dei får saman, uavhengig av om dei er ektefellar, sambuarar eller ikkje bur saman.

Departementet vil gjennomføre ei intern evaluering av lovendringa om felles foreldreansvar og vil nytte erfaringane i det vidare arbeidet med ny barnelov. Departementet vil orientere Stortinget om evalueringa gjennom omtale i ein lovproposisjon om ny barnelov i 2025.

Til forsida